Arbeidsreglement for Sogn brann og redning IKS (Sbr-Iks)

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Arbeidsreglement for Sogn brann og redning IKS (Sbr-Iks)"

Transkript

1 Arbeidsreglement for Sogn brann og redning IKS (Sbr-Iks) 1. Innleiande I sakar som oppstår innafor område der Sbr-Iks p.t ikkje måtte ha eigne retningsliner vil vi inntil vidare sjå til dei retningslinene våre eigarkommunar måtte ha på det aktuelle området og anna offentleg regelverk. Jf. Arbeidsmiljølova, Lov om ferie, hovudavtalar, hovudtariffavtalar mv. 2. Kven reglementet omfattar Dette reglementet gjeld alle arbeidstakarar i eit fast forpliktande arbeidsforhold, jf.hovudtariffavtalen kap Reglane i reglementet gjeld ikkje når dei strir mot lov, tariffavtaler eller andre bindande reglar for Sbr-Iks. 3. Tilsetjing Arbeidstakaren vert tilsett for teneste i Sogn brann og redning og på dei løns- og arbeidsvilkår som går fram av gjeldande lover, reglement, tilsetjingsdokument og hovudtariffavtaler. 4. Arbeidsavtale Sbr-Iks skal gi skriftleg melding om tilsetting. Av arbeidsavtalen skal det gå fram kva for vilkår og plikter som gjeld for stillinga og ev tenestestad. Ved tilsetjing får arbeidstakaren utlevert eitt eksemplar av arbeidsreglementet. 5. Legeattest For stillingar der det blir stilt spesielle krav til helse, skal det leggjast fram tilfredsstillande legeattest før tilsetjinga. 6. Politiattest For alle stillingar skal det leggjast fram tilfredsstillande politiattest før arbeidstakar byrjar i stillinga. 7. Arbeids- og kviletid, avspassering Klokkesletta for arbeids- og kviletid skal gjerast kjende. Ordinær arbeidstid er 37,5 timer pr. veke eller 35,5 timer pr. veke etter reglane i

2 hovudtariffavtalen. Det er fleksitid for alle som har 100% stillingar, kjernetida er Når arbeidets art gjer det naudsynt, kan det avtalast at matpausen vert ein del av arbeidstida. P.t. har alle tilsette i Sbr-Iks matpausen inkludert i arbeidstida. Grunnane til at matpausen er ein del av arbeidstida, kan vera at pauserommet ikkje er tilfredsstillande og/eller at tilsette ikkje har høve til å forlata arbeidsplassen i pausen. Tilsette med arbeidstid med meir enn 5 ½ timer pr. dag, har rett på pause, jf. arbeidsmiljølova 10-9 Lengda på matpausen er 30 minutt og den tilsette skal då vere tilgjengeleg for publikum mv. Tilsette med hovudstilling i selskapet kan etter avtale med leiar avspassere inntil 5 dagar samanhengande. Og det kan overførast inntil 40timar frå eit år til neste. Overskytande timar vert stroke. Det kan i spesielle høve søkast om å få overføre meir enn 40 timar eller ein kan søke om å få utbetalt timar. 8. Deltidstilsette ekstraarbeid/overtid, bæreplikt for radio/personsøkar Deltidstilsette kan ta på seg ekstraarbeid i tillegg til si ordinære stilling. Det totale timetalet skal i slike høve ikkje overstiga timetalet for 100% stilling. Med ekstraarbeid forstår ein her; vakter som ferie- og sjukevikar, samt ekstrahjelp og vakter grunna vakanse i stillingar. For stillingar i turnusordningar som har gjennomsnittsberekna arbeidstida si ved skriftleg avtale vert den enkelte arbeidstakar si arbeidstid pr. døgn og pr. veke å leggja til grunn. Arbeidstid utover desse grensene vert å sjå som overtid. For deltidstilsette vert det rekna meirarbeid for opp til full stilling. Den tilsette skal gje melding til næraste overordna som tilbyr ekstraarbeid, dersom timetalet overstig det som svarer til arbeidstid for 100% stilling. Deltidstilsette knytt til beredskapen har bæreplikt for radio/personsøkar, dette vert godtgjort særskilt. Dette inneber at ein skal bære radio/personsøkar på fritida når ein er i kommunen og ikkje er indisponert. (Kommentar: indisponert kan t.d vere at du er på fest og nyter alkohol. Men du er ikkje nødvendigvis indisponert om du t.d er på trening og oppheld deg utanfor 5 minuttars kravet til oppmøte for førsteutrykkinga. Dette er altså ikkje det same som å ha vakt, då kan ein ikkje vere indisponert). Dersom det vert oppdaga at personell med bæreplikt ikkje har med seg radio/personsøkar vert det gitt ei skriftleg åtvaring. Gjentekne brudd på bereplikta kan resultere i oppseiing.

3 9. Ferie Ferien må ordnast i samsvar med reglane i gjeldande ferielov og tariffavtale. Einingsleiar eller leiar som har fått delegert mynde, fastset ferietid etter samråding med arbeidstakaren eller dei tillitsvalde vedkomande har. Ferielista skal som hovudregel gjerast kjend så tidleg som mogleg og seinast 2 månader før ferien tek til. Tilsette i vaktordningar må tilpasse ferie til vaktordninga. Arbeidsgivar må sjå til at medarbeidarane tek ferie som planlagd. Det kan overførast maks 10 arbeidsdagar eller 12 virkedagar frå eit år til neste. 10. Fråvær frå arbeidet Fråvær på grunn av sjukdom, ulykke eller andre årsaker skal straks meldast til næraste overordna. Eigenmelding kan nyttast når arbeidstakar har vore tilsett i minst 2 månader. Arbeidstakar med kortare tenestetid må levera sjukmelding. Arbeidstakar med hovedstilling i Sbr-iks kan nytta eigenmelding i tråd med kva regler som gjeld for IA verksemder dvs inntil 8 kalenderdagar om gongen og inntil 24 kalenderdagar i løpet av 12 månader. (kommentar: det er truleg ikkje praktisk mogleg at tilsette i små deltidsstillingar vert omfatta av dette, men dei vil likevel ha moglegheit til å levere eigenmelding ved sjukdom). Meir opplysningar går fram av skjema Eigenmelding 2. Eigemelding skal leverast 1. arbeidsdag etter fråværet. Ved sjukefråvær utover dette skal arbeidstakar levera legeerklæring. Arbeidstakar plikter ikkje å gje opplysningar om sjukdomsarten. Leiaren vil kontakta arbeidstakar innan 8. fråværsdag for å avklare oppfølginga i sjukmeldingsperioden. 11. Utbetaling av løn Månads- og årslønte får løn den 12. i månaden, eller næraste føregåande yrkedag. Kvar arbeidstakar skal kontrollera at det er betalt rett sum. Eventuell feil må meldast snarast råd. Arbeidstakaren kan be om forskot inntil ein gong i månaden. Det er einingsleiar som tilviser lønsforskot. Attendebetaling skal som hovudregel skje påfølgjande månad, time, dag- og vekelønte får utbetalt løn 1 gong pr. månad og den 12. i månaden, dersom anna ikkje er avtalt. Det vert utbetalt det beløp som er tent opp i føregåande månad. Den einskilde arbeidstakar skal så langt det er mogleg kontrollera at rett beløp er betalt ut. Berre i desse tilfella kan det bli gjort frådrag i lønningane: a. Lovbestemte trekk b. Pensjonsinnskot og trekk til OU-ordninga. Pensjonsinnskot vert trekt frå byrjingsdatoen. Mellombels tilsette og vikarar som sluttar utan å ha blitt tekne opp pensjonsordninga, får

4 tilbakebetalt trekt innskot når dei sluttar. c. Sum som på førehand er skriftleg avtalt mellom kommunen og arbeidstakaren. d. Fagforeiningskontingent dersom fagforeininga ber om det, jf hovudavtalen. e. Erstatning for skade eller tap av arbeidstakar med vilje eller med grov aktløyse har påført Sbr-Iks. Kravet for slikt trekk er at arbeidstakar skriftleg erkjenner erstatningsansvar, eller at det er fastslått ved dom, eller at arbeidstakar rettsstridig sluttar i stillinga si. Lønstrekk skal avgrensast til den delen av løna som er over det som er rimeleg å tru at arbeidstakaren treng for å forsørgje seg sjølv og husstanden sin. Før trekket blir gjennomført, skal det drøftast med dei tillitsvalde for arbeidstakaren. f. manglande oppmøte på øvingar (berre lovbestemte permisjonar, sjukemelding eller eigenmelding vert akseptert). 12. Vanleg orden Arbeidstakaren må vera på arbeidsstaden/mønstringsstaden når arbeidstida tek til. Ingen må gå frå arbeidsstaden i arbeidstida utan løyve frå nærmaste overordna. Ved utrykking er det utrykkingsleiar eller overordna vakt som bestemmer når den einskilde kan dimmiterast. Arbeidstakaren må ikkje vera påverka av alkohol eller anna rusande eller bedøvande middel i arbeidstida eller i samband med teneste og representasjon av brannvesenet. Det vil kunne vere grunn for oppseiing/avskjed. Det same gjeld for slikt misbruk utanfor arbeidstida som påviseleg går utover arbeidstakaren si utføring av arbeidet. (kommentar: alkoholisme og narkomani er i dag trygdemessig sett akseptert som sjukdomstilstandar. Imidlertid har Sentralforbundet etter å ha teke saka opp med Arbeidstilsynet fått opplyst at misbrukarar ikkje vert omfatta av føresegnene i Arbeidsmiljølova paragraf 15-8 oppseiingsvern ved sjukdom). Det er ikkje lov å røykje i bygg som Sbr-Iks disponerer eller i samband med innsats/utrykking og øvingar, eller i Sbr-Iks sine køyretøy eller uteområdet tilknytt arbeidsplassen. Ei utrykking/øving er ikkje ferdig før bilar og utstyr igjen er i operativ stand og stasjonen rydda iht vedteken standard. Utrykkingsleiar er ansvarleg for at så skjer. Alle tilsette skal bidra til å halde generell orden og ryddigheit på sin arbeidsplass og i fellesareal slik at den står fram som mest mogleg representativ. Sbr-Iks nyttar som minimum uniform ved tilsyn, utrykking og ved representasjon, uniforma skal vere ryddig og presentabel. Brann- og redningssjefen kan elles beordre bruk av uniform når han finn det naudsynt.

5 13. Handsaming av utstyr Alt inventar, verktøy, materiale o.l. må handsamast med omhug. Ein må vera varsam når ein brukar eld, lys og eldsfarlege saker. Arbeidstakaren må retta seg etter reglar og pålegg som er gjevne for å trygga liv, helse og eigedom, og bruka det verneutstyret som er påbode etter lover og forskrifter. Der det vert kravd eiga opplæring, pliktar den tilsette å ta denne opplæringa før utstyret vert teke i bruk. 14. Permisjon For permisjon gjeld reglane i tariffavtalen og ev permisjonsreglementet (det er p. t ikkje utarbeida eige permisjonsreglement for Sbr-Iks), alle søknadar om permisjon skal vere skriftleg og grunngjeven. 15. Anna løna arbeid Arbeidstakarar i 100% stilling i Sbr-Iks kan ikkje utan løyve frå arbeidsgjevar overta anna løna arbeid som vil vera av eit slikt omfang at det kan gå utover arbeidsytinga i Sbr-Iks. Det same gjeld ekstraarbeid som kan føra til ugildskap etter forvaltningslova kap Informasjon Sbr-Iks har som mål å sikre openheit og dialog som arbeidsform i alle ledd i organisasjonen. Medarbeidarane i Sbr-Iks vert oppmoda til å bidra til offentlegheit med sin kunnskap innanfor sine arbeidsfelt, og alle medarbeidarar har som privatpersonar høve til å uttala seg i saker som ikkje er underlagt teieplikt. Er ein i tvil skal ein spørje overordna. Leiarane i Sbr-Iks har ansvar for å informera media. Den einskilde sakshandsamar kan gje faktaopplysningar i ei sak. I innsatssamanheng er det overordna vakt/fagleiar brann som uttalar seg på vegne av brannvesenet. 17. Intern varsling Sbr-Iks har p.t ikkje utarbeida eigne retningsliner for internvarsling (i samsvar med Arbeidsmiljølova 2-4, 2-5 og 3-6). Men tilsette vert oppfordra til å varsle internt om kritikkverdige tilhøve, og Sbr-Iks legg vekt på at all intern varsling skal følgjast opp. Sjølv om Sbr-iks p.t ikkje har eigne retningsliner for intern varsling må det som minimum skje på forsvarleg vis ved å sikre den som varslar og den det blir varsla om. Det er ei målsetting å utarbeide eigne retningsliner for varsling. Dersom det skulle oppstå slike saker før

6 vi har på plass eigne retningsliner er det naturleg å ev. sjå på kva retningsliner våre eigarkommunar har. 18. Teieplikt Alle arbeidstakarar har plikt til å gjera seg kjende med reglane om teieplikt i offentleg forvaltning, og skal underskriva erklæring om teieplikt. Når ei sak er undergjeve teieplikt medhald av lov, reglar eller når det følgjer av saksart, må ingen arbeidstakar omtale saka overfor nokon utanforståande. Nye naudnettsradioar utfordrar teieplikta, det er ikkje tillate å lytte på talegrupper som ein ikkje er vorte bedd om å lytte på, dette gjeld spesielt dei såkalla BAPS gruppene. Radio må heller ikkje stå med open høgtalar ute blant folk. Gjentekne brot knytt til lytting på grupper som ein ikkje er blitt beden om å lytte på kan resultere i oppseiing. Brot på teieplikta kan medføra straff etter straffelova Oppseiing Oppseiinga skal vera skriftleg frå begge partar. Arbeidstakar kan krevja grunngjeving for oppseiinga. Denne kan krevjast i skriftleg form. Ved oppseiing frå Sbr-Iks skal oppseiinga innehalda opplysningar om at arbeidstakar har rett til å krevja forhandlingar, reise søksmål, og kva slag fristar som gjeld. Før slik oppseiing skjer skal det drøftast med dei tillitsvalde for arbeidstakaren. Oppseiingsfristane skal vera i samsvar med gjeldande regler i lov og tariffavtale. Om dei rettane arbeidstakar har ved oppseiing, vert elles vist til kapittel 15 i arbeidsmiljølova og reglane i forvaltningslova. Når arbeidstakaren sluttar, vert det laga sluttattest om arbeidstakaren ber om det. 20. Avskil Sbr-Iks kan gjeva ein arbeidstakar avskil med påbod om å slutta straks dersom vedkomande har gjort seg skuldig i grovt pliktbrot eller anna vesentleg mishald av arbeidsavtalen og/eller arbeidsreglementet. Avskil skal gjevast skriftleg og innehalda opplysningar om rett til å krevja forhandling, reise søksmål, og kva slags fristar som gjeld. Medan spørsmålet om avskil blir handsama, kan arbeidstakaren i heilt spesielle tilfelle bli suspendert frå stillinga. Vilkåret for å kunne suspendera nokon er at det er nødvendig av omsyn til at det gagnar tenesta best at arbeidstakaren straks blir fjerna frå den noverande stilling, og at det må vera grunn til å tru av vilkåra for avskil etter arbeidsmiljølova er til stades. Arbeidstakaren har krav på å få ha løna si fram til vedtaket om avskil er avgjort.

7 Før det vert gjort vedtak om avskil eller suspensjon, skal det drøftast med dei tillitsvalde for arbeidstakaren med mindre arbeidstakaren ikkje ønskjer dette. Ved suspensjon har arbeidstakaren krav på at denne blir grunngjeven. Om rettane til arbeidstakaren elles, blir det vist til forvaltningslova. I spørsmål om avskil vert det og vist til arbeidsmiljølova

Arbeidsreglement. Tilsetjing. Arbeidsavtale. Legeattest

Arbeidsreglement. Tilsetjing. Arbeidsavtale. Legeattest Arkivkode Arkivsaknr. Løpenr. Dato 12/4098-2 112797/12 12.12.2012 Arbeidsreglement Vedteke i K.sak 95/48. Revidert av rådmannen 18.03.05. Oppdatert 01.07.10. Handsama i administrasjonsutvalet den 21.12.2012,

Detaljer

ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD (vedteke av Bjørnafjorden kyrkjelege fellesnemnd den 2. oktober 2018, sak 2018/025) 1 OMFANG Reglement gjeld alle arbeidstakarar i eit fast forpliktande

Detaljer

Arbeidsreglement Vedteke i kommunestyret 23.6.2011, sak K 11/65

Arbeidsreglement Vedteke i kommunestyret 23.6.2011, sak K 11/65 Arbeidsreglement Vedteke i kommunestyret 23.6.2011, sak K 11/65 INNHALD: 1 DEFINISJON... 3 2 OMFANG... 3 3 TILSETTING... 3 4 ARBEIDSAVTALE... 3 5 LEGEATTEST/ POLITIATTEST... 3 6 OPPLÆRING AV NYTILSETTE...

Detaljer

ARBEIDSREGLEMENT FOR KVITESEID KOMMUNE Godkjent av administrasjonsutvalet i sak 2/12

ARBEIDSREGLEMENT FOR KVITESEID KOMMUNE Godkjent av administrasjonsutvalet i sak 2/12 ARBEIDSREGLEMENT FOR KVITESEID KOMMUNE Godkjent av administrasjonsutvalet i sak 2/12 Sjå òg arbeidstidsbestemmingane i arbeidsmiljølova og hovudtavtala. For pedagogisk personale sjå arbeidstidsavtala.

Detaljer

ARBEIDSREGLEMENT FOR SUNNFJORD KOMMUNE

ARBEIDSREGLEMENT FOR SUNNFJORD KOMMUNE ARBEIDSREGLEMENT FOR SUNNFJORD KOMMUNE 1 Målsetting og omfang Arbeidsreglementet skal vise dei krav og forventningar Sunnfjord kommune har til sine tilsette. Det skal òg bidra til at arbeidsvilkåra er

Detaljer

A R B E I D S REGLEMENT

A R B E I D S REGLEMENT Austevoll kommune A R B E I D S REGLEMENT Vedteke av Austevoll kommunestyre den 11.02.88, sak 0018/88. Revidert den 24.04.90, sak 0038/90 Revidert av Administrasjonsutval K den 15.01.98, sak 0004/98 Administrativt

Detaljer

Arbeidsreglement Sund kommune

Arbeidsreglement Sund kommune Dok.dato: 25.01.2013 Vår Ref: 2012001529-3 Arkiv: N- Arbeidsreglement Sund kommune Vedtatt i Administrasjonsutvalet i Sund kommune 23.01.2013 Side 1 av 7 Innhald: 1. Omfang 2. Tilsetjing 3. Tilsetjingsbrev/arbeidsavtale

Detaljer

MELAND KOMMUNE ARBEIDSREGELMENT

MELAND KOMMUNE ARBEIDSREGELMENT MELAND KOMMUNE ARBEIDSREGELMENT Vedteke i Administrasjonsutvalet sak 023/13 16.10.2013 Reglementet er gjeldande frå 16.10.2013 MELAND KOMMUNE N-041.1 13/1284 13/13247 03.10.13 1. Omfang. Dette reglementet

Detaljer

[02.04.12] ARBEIDSREGLEMENT PERSONAL. Storfjord kommune

[02.04.12] ARBEIDSREGLEMENT PERSONAL. Storfjord kommune [02.04.12] PERSONAL Arbeidsreglement for ENDRINGSKONTROLL Rev./dato Avsnitt Beskrivelse av endring Referanse 1. DEFINISJON Med kommune menes i dette reglement kommune, fylkeskommune, interkommunalt foretak.

Detaljer

Reglementet gjelder alle kommunale arbeidstakere i et fast forpliktende arbeidsforhold, jfr. Hovedtariffavtalens, kap. 1, 1.

Reglementet gjelder alle kommunale arbeidstakere i et fast forpliktende arbeidsforhold, jfr. Hovedtariffavtalens, kap. 1, 1. Arbeidsreglement Den formelle bakgrunn for utarbeidelsen av arbeidsreglementet ligger i arbeidsmiljøloven. Det heter i 70 at partene i den enkelte virksomhet skal fastsette reglement ved skriftlig avtale.

Detaljer

ARBEIDSREGLEMENT FOR HOLE KOMMUNE

ARBEIDSREGLEMENT FOR HOLE KOMMUNE ARBEIDSREGLEMENT FOR HOLE KOMMUNE 1. OMFANG... 3 2. ANSETTELSE... 3 3. OMORGANISERINGER... 3 4. ARBEIDSAVTALE... 4 5. ARBEIDS- OG HVILETIDER... 4 6. FERIE... 4 7. FRAVÆR FRA ARBEIDET PÅ GRUNN AV SYKDOM

Detaljer

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT Vedteke i k-sak 24/05 den 14.6.05 Ref: ARH 04/01451-004 Løpenr: 002499/05 Arkivnr: 410 JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT I N N H A L D 1. OMFANG...1 1.1. Definisjon... 1 1.2. Tilhøve til lov, tariffavtale

Detaljer

TYSNES KOMMUNE ARBEIDSREGLEMENT FOR TILSETTE. Vedteke i kommunestyret,

TYSNES KOMMUNE ARBEIDSREGLEMENT FOR TILSETTE. Vedteke i kommunestyret, TYSNES KOMMUNE ARBEIDSREGLEMENT FOR TILSETTE Vedteke i kommunestyret, 10.04.18 INNHALD 1 OMFANG... 3 2 TILSETJING... 3 3 FORTRINNSRETT... 4 4 PRØVETID... 4 5 ARBEID OG KVILETID... 5 6 FERIE... 5 7 FRÅVÆR

Detaljer

Arbeidsreglement. Volda kommune

Arbeidsreglement. Volda kommune Arbeidsreglement Volda kommune 1 2 Revisjon av arbeidsreglement Versjon Gjeld Vedteken Revisjon Ansvarleg Versjon 0.1 Heile BL dokumentet til arbeidsgruppe Versjon 0.2 Heile BL dokumentet til arbeidsgruppe

Detaljer

ARBEIDSREGLEMENT FOR FITJAR KOMMUNE

ARBEIDSREGLEMENT FOR FITJAR KOMMUNE ARBEIDSREGLEMENT FOR FITJAR KOMMUNE Reglementet gjeld for alle tilsette i Fitjar kommune (fast tilsette, mellombels tilsette, vikarar, lærlingar og timelønte). Reglementet inneheld ordensreglar for dei

Detaljer

ARBEIDSREGLEMENT FOR ANSATTE I LEBESBY KOMMUNE. Lebesby kommune

ARBEIDSREGLEMENT FOR ANSATTE I LEBESBY KOMMUNE. Lebesby kommune ARBEIDSREGLEMENT FOR ANSATTE I LEBESBY KOMMUNE Lebesby kommune Vedtatt i Administrasjonsutvalget den 29.05.07 sak 05/712 Ansvarlig for dokument: Kontorleder 1 ARBEIDSREGLEMENT FOR ANSATTE I LEBESBY KOMMUNE

Detaljer

INNHERRED SAMKOMMUNE LEVANGER KOMMUNE VERDAL KOMMUNE ARBEIDSREGLEMENT ARBEIDSREGLEMENT FOR LEVANGER KOMMUNE, VERDAL KOMMUNE OG INNHERRED SAMKOMMUNE

INNHERRED SAMKOMMUNE LEVANGER KOMMUNE VERDAL KOMMUNE ARBEIDSREGLEMENT ARBEIDSREGLEMENT FOR LEVANGER KOMMUNE, VERDAL KOMMUNE OG INNHERRED SAMKOMMUNE INNHERRED SAMKOMMUNE LEVANGER KOMMUNE VERDAL KOMMUNE ARBEIDSREGLEMENT ARBEIDSREGLEMENT FOR LEVANGER KOMMUNE, VERDAL KOMMUNE OG INNHERRED SAMKOMMUNE 1 Definisjoner Med kommune menes i dette reglement Levanger

Detaljer

HATTFJELLDAL KOMMUNE ARBEIDSREGLEMENT

HATTFJELLDAL KOMMUNE ARBEIDSREGLEMENT HATTFJELLDAL KOMMUNE ARBEIDSREGLEMENT Den nye endringen er vedtatt i kommunestyret i sak 121/11 1 1. Definisjon Med kommune menes i dette reglementet kommune, fylkeskommune, interkommunalt foretak. 2.

Detaljer

Samnanger kommune. Prøvetidsreglement. (reglement og rutinar for prøvetid) Vedteke av administrasjonsutvalet

Samnanger kommune. Prøvetidsreglement. (reglement og rutinar for prøvetid) Vedteke av administrasjonsutvalet Samnanger kommune Prøvetidsreglement (reglement og rutinar for prøvetid) Vedteke av administrasjonsutvalet 30.11.2017 Sist ajourført 28.12.2017 Innhald 1 Føremålet med prøvetidsreglement... 3 2 Heimel...

Detaljer

PERSONALHANDBOKA ARBEIDSREGLEMENT FOR FØRDE KOMMUNE

PERSONALHANDBOKA ARBEIDSREGLEMENT FOR FØRDE KOMMUNE Revisjonsdato: 7.4.2015 PERSONALHANDBOKA Revidert av: Personalsjefen Godkjent dato: 13.4.2015 Godkjent av Rådmannen og HTV/HVO KAPITTEL 1 ARBEIDSGJEVARPOLITIKK Side 1 av 5 ARBEIDSREGLEMENT FOR FØRDE KOMMUNE

Detaljer

Innhald Innleiing FORMÅL OG VIRKEOMRÅDE Formål Virkeområde... 3 Tilsetting HOVUDREGLAR TILSETTINGSMYNDE...

Innhald Innleiing FORMÅL OG VIRKEOMRÅDE Formål Virkeområde... 3 Tilsetting HOVUDREGLAR TILSETTINGSMYNDE... Innhald Innleiing... 3 1. FORMÅL OG VIRKEOMRÅDE... 3 1.1 Formål... 3 1.2 Virkeområde... 3 Tilsetting... 3 2. HOVUDREGLAR... 3 3. TILSETTINGSMYNDE... 3 4. FRAMGANGSMÅTE VED TILSETTING... 3 5. KUNNGJERING...

Detaljer

ARBEIDSREGLEMENT FOR HERØY KOMMUNE

ARBEIDSREGLEMENT FOR HERØY KOMMUNE ARBEIDSREGLEMENT FOR HERØY KOMMUNE Vedtatt av administrasjonsutvalget, sak 0013/03, 05.06.04 Arbeidsreglement vedtatt i adm.utv. 05.06.2003 sak 0013/03 ARBEIDSREGLEMENT FOR HERØY KOMMUNE Vår ref. Arkivkode

Detaljer

SOGNDAL KOMMUNE. Tilsetjingsreglement. Revidert i administrasjonsutvalet den 21.12.12, skal 2/12

SOGNDAL KOMMUNE. Tilsetjingsreglement. Revidert i administrasjonsutvalet den 21.12.12, skal 2/12 SOGNDAL KOMMUNE Tilsetjingsreglement Revidert i administrasjonsutvalet den 21.12.12, skal 2/12 Innhaldsoversyn 1. Omfang... 3 2. Tilsetjingsmynde... 3 3. Før utlysing... 3 4. Utlysing... 3 5. Kvalifikasjonar

Detaljer

ARBEIDSREGLEMENT HORTEN KIRKELIGE FELLESRÅD

ARBEIDSREGLEMENT HORTEN KIRKELIGE FELLESRÅD ARBEIDSREGLEMENT HORTEN KIRKELIGE FELLESRÅD Vedtatt NORMALREGLEMENT Den formelle bakgrunn for fastsettelse av arbeidsreglementet ligger i arbeidsmiljøloven 14-16 til 14-20. Der heter det at partene i den

Detaljer

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011 Kristin Stray Jacobsen 1. FORMÅL Prosedyren skal sikre: - at den einskilte leiar følgjer opp sitt ansvar for eigenmelde/sjukmelde arbeidstakarar og arbeidstakarar under rehabilitering/attføring. - at arbeidstakarar

Detaljer

Temahefte arbeidsgjevarpolitikk

Temahefte arbeidsgjevarpolitikk Temahefte arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsreglement Verdigrunnlag Kriterium for god leiarpraksis Etiske retningslinjer Etiske prinsipp 2010 www.sfj.no Arbeidsreglement 1 Omfang Dette reglementet gjeld for

Detaljer

2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen Kommunesamanslåinga inneber verksemdoverdraging, og arbeidsmiljølova kap. 16 gjeld.

2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen Kommunesamanslåinga inneber verksemdoverdraging, og arbeidsmiljølova kap. 16 gjeld. Innhald 1. Omstillingsavtale... 2 1.1 Partane i avtalen... 2 1.2 Bakgrunn... 2 1.3 Einingar som vert overført samla til Alver kommune.... 2 2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen... 2 2.1

Detaljer

ARBEIDSREGLEMENT FOR TROMSØ KIRKELIGE FELLESRÅD

ARBEIDSREGLEMENT FOR TROMSØ KIRKELIGE FELLESRÅD ARBEIDSREGLEMENT FOR TROMSØ KIRKELIGE FELLESRÅD Vedtatt i Kirkelig fellesråd 13.11.2008 1 OMFANG Reglementer gjelder alle arbeidstakere i et fast forpliktende arbeidsforhold, jf. Hovedtariffavtalen kap.

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding: Saksframlegg Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1 Retningslinjer for uønska deltid * Tilråding: Administrasjonsutvalet vedtek retningslinjer for å handsame uønska deltid, dagsett.11.02.2010.

Detaljer

ARBEIDSREGLEMENT 1 OMFANG 2 TILSETTING 3 ARBEIDSAVTALE 4 ARBEIDS- OG HVILETIDER 5 FERIE

ARBEIDSREGLEMENT 1 OMFANG 2 TILSETTING 3 ARBEIDSAVTALE 4 ARBEIDS- OG HVILETIDER 5 FERIE ARBEIDSREGLEMENT 1 OMFANG Reglementer gjelder alle arbeidstakere i et fast forpliktende arbeidsforhold, jf. Hovedtariffavtalen kap. 1, 1, der fellesrådet er arbeidsgiver. Reglene i reglementet gjelder

Detaljer

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009 1 Føremål med reglane, kven reglane gjeld for Heradet har som overordna mål, innan gitte økonomiske rammer, å leggja tilhøva til rette for god kompetanseutvikling i heile heradsorganisasjonen, slik at

Detaljer

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune I. INNLEIING Formål I Hordaland fylkeskommune er det ønskjeleg at tilsette seier frå dersom dei får kjennskap til kritikkverdige forhold i fylkeskommunen.

Detaljer

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune Etiske retningslinjer for folkevalde og tilsette i Voss kommune Side 1 av 5 Etiske retningslinjer for folkevalde og tilsette i Voss kommune Versjon : 1.0 godkjend i Kommunestyret 23.06.2005 Dato : 25.

Detaljer

3. GENERELLE PERSONALVEDTEKTER

3. GENERELLE PERSONALVEDTEKTER 3. GENERELLE PERSONALVEDTEKTER 3.1 FØREMÅL/OMFANG Målsetjinga for Samnanger kommune er å gje kommunen sine innbyggarar best moglege tenester. Personalpolitikken skal byggja på likestilling, likeverd og

Detaljer

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE Vedteke i Tysnes kommunestyre 12. desember 2007 Revidert i Tysnes kommunestyre 16. desember 2010 UGGDAL, 03.01.2011 Saksnr. Dok.nr

Detaljer

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE TYSNES KOMMUNE Rådhuset Uggdalsvegen 301 5685 UGGDAL Telefon 53437014 TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE INNHALD 1 FØREMÅL... 3 2 OMFANG... 3 3 DEFINISJONAR... 3

Detaljer

TYSNES KOMMUNE INTRODUKSJONSPROGRAM FOR NYTILSETTE

TYSNES KOMMUNE INTRODUKSJONSPROGRAM FOR NYTILSETTE TYSNES KOMMUNE INTRODUKSJONSPROGRAM FOR NYTILSETTE Godkjent i kommunestyret 12.12.17 Side 1 av 16 INNHALD 1 MÅLSETJING... 3 2 PlANLEGGE OG FØREBUING... 3 3 OPPFØLGING OG EVALUERING... 3 4 ANSVARLEGE...

Detaljer

NAMN Side / av Vedlegg. 1-5 Deltid - HTA Rett til fast tilsetting AML Rett til stilling for deltidstilsette faktisk arbeidtid AML 14-4

NAMN Side / av Vedlegg. 1-5 Deltid - HTA Rett til fast tilsetting AML Rett til stilling for deltidstilsette faktisk arbeidtid AML 14-4 NAMN Side / av Vedlegg Reglement - rett til auke i stilling eller rett til fast tilsetjing etter 1-5 Deltid - HTA 2.3.1 Rett til fast tilsetting AML- 14-9 Rett til stilling for deltidstilsette faktisk

Detaljer

Etisk reglement for tilsette og folkevalde i Radøy kommune

Etisk reglement for tilsette og folkevalde i Radøy kommune for tilsette og folkevalde i Radøy kommune Vedteke av Radøy kommunestyre 2009 Føremålet med reglementet er å skapa medvit om haldningar og etiske verdiar og dermed styrkja innbyggjarane sin tillit til

Detaljer

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER Revidert av kommunestyret 22.06.09 Saksnr. Dok.nr Arkivkode Avd/Sek/Saksh Dykkar ref. 08/1437 9554/09 000 FSK/PER/STDA 1 OM RETNINGSLINENE...3 1.0 KVA ER ETIKK 3 1.1

Detaljer

RETNINGSLINER FOR BRUK AV PRØVETID

RETNINGSLINER FOR BRUK AV PRØVETID Dok.dato: 06.03.2014 Vår Ref: 2013001950-2 Arkiv: N-047 RETNINGSLINER FOR BRUK AV PRØVETID SUND KOMMUNE Vedteke av kommunestyret sak 087/13 av 12.11.2013. Side 1 av 6 1. Retningslinjene sitt virkeområde

Detaljer

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte. VESTNES KOMMUNE Administrasjonsutvalet Innkalling til møte i Administrasjonsutvalet Møtestad: Dato: Formannskapssalen, Rådhuset, 03.03.2009 Kl.15:00 Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding,

Detaljer

Rutine for varsling Høyanger kommune

Rutine for varsling Høyanger kommune Rutine for varsling Høyanger kommune VARSLING OM KRITIKKVERDIGE FORHOLD PÅ ARBEIDSPLASSEN Høyanger kommune legg til rette for at tilsette skal melde frå når dei opplever, eller får kjennskap til, kritikkverdige

Detaljer

Jølster kommune Rutine for varsling av kritikkverdige forhold på arbeidsplassen

Jølster kommune Rutine for varsling av kritikkverdige forhold på arbeidsplassen Jølster kommune Rutine for varsling av kritikkverdige forhold på arbeidsplassen Lovverk AML 2-3, arbeidstakar si plikt til å varsle AML 2 A-1, arbeidstakar sin rett til å varsle AML 2 A-2, vern mot gjengjeldelse

Detaljer

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE FOR KOMMUNALE FOLKEVALDE I HAREID KOMMUNE

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE FOR KOMMUNALE FOLKEVALDE I HAREID KOMMUNE REGLEMENT FOR GODTGJERSLE FOR KOMMUNALE FOLKEVALDE I HAREID KOMMUNE 1. KVEN REGLEMENTET GJELD FOR Reglementet gjeld for kommunale folkevalde i Hareid kommune. Som folkevald vert rekna medlemer av kommunestyret,

Detaljer

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ADMINISTRASJONUTVALET Møtestad: Rådhuset - formannskapssalen Møtedato:

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ADMINISTRASJONUTVALET Møtestad: Rådhuset - formannskapssalen Møtedato: SKODJE KOMMUNE Møteinnkalling Utval: ADMINISTRASJONUTVALET Møtestad: Rådhuset - formannskapssalen Møtedato: 18.03.2014 Tid: 16:00 Eventuelt forfall kan meldast til telefon 70 24 40 00. Varamedlemmar møter

Detaljer

Rutine for varsling FORORD. Vedteke i kommunestyret den 11.12.2008

Rutine for varsling FORORD. Vedteke i kommunestyret den 11.12.2008 Rutine for varsling FORORD Vedteke i kommunestyret den 11.12.2008 Rutinar for varsling skal vere ein beredskap når lovstridige, uetiske eller uforsvarlege forhold vert oppdaga og må stoppast. Masfjorden

Detaljer

Lærdal kommune. Håndbok for tilsette

Lærdal kommune. Håndbok for tilsette Lærdal kommune Håndbok for tilsette 07.10.2009 TILSETJINGS- OG ARBEIDSREGLEMENT 1 OMFANG Tilsetjings- og arbeidsreglementet gjeld alle kommunale arbeidstakarar i eit fast forpliktande arbeidstilhøve med

Detaljer

Reglement for administrasjonsutvalet i Selje kommune

Reglement for administrasjonsutvalet i Selje kommune Reglement for administrasjonsutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyre den 29. april 2009 Sak 027/09) 1. Val og samansetjing. Administrasjonsutvalet består av 10 personar med varamedlemar.

Detaljer

Rutine for varsling av kritikkverdige forhold i Seljord kommune.

Rutine for varsling av kritikkverdige forhold i Seljord kommune. Rutine for varsling av kritikkverdige forhold i Seljord kommune. INTERN VARSLINGSRUTINE Bakgrunn Frå 1. januar 2007 blei det innført nye regler for varsling av kritikkverdige forhold, jf arbeidsmiljøloven

Detaljer

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid BEST. NR. 456-NYN Ungdom i arbeid Utgitt første gong i 1985 Direktoratet for arbeidstilsynet Statens hus, 7468 Trondheim September 2002 Brosjyren er revidert og har fått ny lay-out. Mars 2008 Brosjyren

Detaljer

Luster kommune. Rådmannen sitt framlegg. Handsama:

Luster kommune. Rådmannen sitt framlegg. Handsama: Luster kommune Handsama: Rådmannen sitt framlegg Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: 57 68 55 00 Faks: 57 68 55 01 E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr: 964 968 241 Innhold Innleiing...

Detaljer

Arbeidsmiljølova gjev arbeidstakarar rett til å varsla om kritikkverdige tilhøve i eiga verksemd:

Arbeidsmiljølova gjev arbeidstakarar rett til å varsla om kritikkverdige tilhøve i eiga verksemd: Varsling: Rettleiing for deg som mottek eit varsel Rutine og sakshandsamingsprinsipp 1. Innleiing Fedje kommune ønskjer at kritikkverdige tilhøve i kommunen vert avdekka og rydda opp i. Tilsette og andre

Detaljer

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINE FOR TENESTETELEFON

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINE FOR TENESTETELEFON TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINE FOR TENESTETELEFON INNHALD 1 Verkeområde... 3 1.1 Målsetting og hensikt... 3 1.2 Kven retningslina gjeld for... 3 2 Bakgrunn... 3 2.1 Tenestetelefon... 3 2.2 Tenestetelefon

Detaljer

PERMISJONSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

PERMISJONSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD PERMISJONSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD (Vedteke av Bjørnafjorden kyrkjelege fellesnemnd den 2. oktober 2018, sak 2018/027) 1. OMFANG - LØNNSANSIENNITET - FERIEPENGAR - PENSJONSMEDLEMSKAP

Detaljer

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09) Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09) 1. Val og samansetjing (kommunelova 77 nr. 1,2 og 3) Medlemane i kontrollutvalet i Selje kommune

Detaljer

Arbeidsreglement Vadsø kommune

Arbeidsreglement Vadsø kommune RÅDMANNEN 14.12.06 Side 1 av 7 Vadsø kommune Arbeidsreglement Vadsø kommune Vedtatt av Vadsø bystyre 14.12.06 RÅDMANNEN 14.12.06 Side 2 av 7 1. Innledende kommentar Av Arbeidsmiljølovens 14-17 fremgår

Detaljer

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL KOMMUNALE FOLKEVALDE I BØMLO

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL KOMMUNALE FOLKEVALDE I BØMLO REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL KOMMUNALE FOLKEVALDE I BØMLO 1. FASTE ÅRLEGE GODTGJERSLER 1.1 Ordførar: Godtgjersle til ordførar skal til ei kvar tid vera 97 % av stortingsrepresentantane si godtgjersle.

Detaljer

Arbeidsreglementet er basert på normalreglementet som partene sentralt (KS og arbeidstakerorganisasjonene) er enige om.

Arbeidsreglementet er basert på normalreglementet som partene sentralt (KS og arbeidstakerorganisasjonene) er enige om. Arbeidsreglement 1. Arbeidsreglementet Arbeidsreglementet regulerer forholdet mellom arbeidstaker og arbeidsgiver, der både den enkelte ansattes og Gausdal kommunes rettigheter og plikter vektlegges. Arbeidsreglementet

Detaljer

Håndbok 1 OMFANG 2 KUNNGJØRING

Håndbok 1 OMFANG 2 KUNNGJØRING Side: 1 av 8 1 OMFANG Reglementet gjelder for kommunale arbeidstakere i et fast forpliktende arbeidsforhold, jfr. Fellesbestemmelsene 1 i Hovedtariffavtalen. 2 KUNNGJØRING Ledige stillinger skal kunngjøres

Detaljer

SJUKEFRÅVÆRSRAPORT 1. KVARTAL

SJUKEFRÅVÆRSRAPORT 1. KVARTAL MØTEINNKALLING Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 05.06.2014 Tid: 09.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 3/14 14/427 SJUKEFRÅVÆRSRAPORT

Detaljer

Arbeidsreglement. Vedtatt i administrasjonsutvalgets møte 18.12.08 under sak 25/08 Iverksettingsdato 01.01.09

Arbeidsreglement. Vedtatt i administrasjonsutvalgets møte 18.12.08 under sak 25/08 Iverksettingsdato 01.01.09 Arbeidsreglement Vedtatt i administrasjonsutvalgets møte 18.12.08 under sak 25/08 Iverksettingsdato 01.01.09 Innholdsfortegnelse Arbeidsreglement... 1 1 Omfang... 3 2 Tilsetting... 3 2.1 Helseattest...

Detaljer

Generelle retningsliner for konflikthandtering i Flora kommune

Generelle retningsliner for konflikthandtering i Flora kommune Generelle retningsliner for konflikthandtering i Flora kommune FLORA KOMMUNE Vedteke i administrasjonsutvalet, sak 009/15, dato 27.10.2015 Skrevet av: Personalsjef Trond Ramstad Olsen RETNINGSLINER FOR

Detaljer

REGLEMENT FOR MØTEGODTGJERSLE, DEKKING AV TAPT ARBEIDSFORTENESTE OG UTGIFTER ELLES I HØVE POLITISKE VERV I VOLDA KOMMUNE.

REGLEMENT FOR MØTEGODTGJERSLE, DEKKING AV TAPT ARBEIDSFORTENESTE OG UTGIFTER ELLES I HØVE POLITISKE VERV I VOLDA KOMMUNE. REGLEMENT FOR MØTEGODTGJERSLE, DEKKING AV TAPT ARBEIDSFORTENESTE OG UTGIFTER ELLES I HØVE POLITISKE VERV I VOLDA KOMMUNE. Vedteke av Volda kommunestyre i møte 30.09.93, sak 159/93, endra i møte 22.06.94,

Detaljer

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg. Interkontrollhandbok Side: 1 av 5 1. FORMÅL Føremålet med dette kapitlet er å kvalitetssikra oppfølginga av tilsette som vert sjukmelde. Kapitlet gjev derfor oversikt over kva rutinar som skal følgjast

Detaljer

Selskapsavtale for Setesdalsmuseet Eigedom IKS 1 Selskapet sitt namn

Selskapsavtale for Setesdalsmuseet Eigedom IKS 1 Selskapet sitt namn Selskapsavtale for Setesdalsmuseet Eigedom IKS 1 Selskapet sitt namn Selskapet sitt namn er Setesdalsmuseet Eigedom IKS 2 Deltakarar og ansvar Selskapet er eit interkommunalt selskap, stifta i medhald

Detaljer

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg? IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil

Detaljer

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE I SAMNANGER KOMMUNE Vedteke av Samnanger kommunestyre Sist ajourført

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE I SAMNANGER KOMMUNE Vedteke av Samnanger kommunestyre Sist ajourført REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE I SAMNANGER KOMMUNE Vedteke av Samnanger kommunestyre 27.09.2007. Sist ajourført 22.12.2017 Reglementet gjeld frå og med budsjettåret 2008. 1. Ordførargodtgjersle

Detaljer

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova Vedtaksdato: 27.01.2016 Ref. nr.: 15/43233 Saksbehandlar: Helene Nødset Lang VEDTAK NR 07/16 I TVISTELØYSINGSNEMNDA Tvisteløysingsnemnda heldt møte torsdag 21.

Detaljer

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 460 Arkivsaksnr.: 2012/1565 Saksbehandlar: Karin Pedersen Dato: 25.10.2013 Permisjon ved langtidsfråver Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet Administrasjonssjefen

Detaljer

Arbeidstidsordning i nye Volda

Arbeidstidsordning i nye Volda Arbeidstidsordning i nye Volda På vegne av dei tilsette har arbeidsgruppa for arbeidstid utarbeida dette forslaget til arbeidstid for kontoradministrasjonen i nye Volda. Arbeidsgruppa har bestått av tre

Detaljer

www.forde.kommune.no Visjon: Førde kommune ei drivkraft med menneska i sentrum Verdiar: I Førde kommune er vi engasjerte, inkluderande, tydelege og vi viser andre respekt. Førde kommune skal vere ein god

Detaljer

ANSETTELSES- OG ARBEIDSREGLEMENT

ANSETTELSES- OG ARBEIDSREGLEMENT e t t t t Z t AGDENES KOMMUNE ANSETTELSES OG ARBEIDSREGLEMENT Godkjent i administrasjonsutvalget 5/314 sak 2/14 Vedtatt i kommunestyret 19/314 sak 13/14 side i REDUSERT Innholdsfortegnelse 1 OMFANG 3 2

Detaljer

ETISKE RETNINGSLINER FOR FOLKEVALDE OG TILSETTE I FRÆNA KOMMUNE

ETISKE RETNINGSLINER FOR FOLKEVALDE OG TILSETTE I FRÆNA KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER FOR FOLKEVALDE OG TILSETTE I FRÆNA KOMMUNE Vedtatt i Kommunestyremøte 23.05.16 sak 59/16 1 ETISKE RETNINGSLINER FOR FOLKEVALDE OG TILSETTE I FRÆNA KOMMUNE Dei etiske retningslinene

Detaljer

Side 2 av 10 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 004/ /1272 Faste saker 005/ /1210 Arbeidstid og sp

Side 2 av 10 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 004/ /1272 Faste saker 005/ /1210 Arbeidstid og sp SAMNANGER KOMMUNE Side 1 av 10 MØTEINNKALLING Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato 20.09.2018 Møtetid: Kl. 13:00 Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet

Detaljer

3.4 Pensjonsordning Ordføraren vert innmeldt i pensjonsordninga for folkevalde i 100 % stilling.

3.4 Pensjonsordning Ordføraren vert innmeldt i pensjonsordninga for folkevalde i 100 % stilling. SANDE KOMMUNE REGLEMENT FOR GODTGJERSLE FOR KOMMUNALE FOLKEVALDE I SANDE KOMMUNE 1. KVEN REGLEMENTET GJELD FOR Reglementet gjeld for folkevalde i Sande kommune. Som folkevald vert rekna medlemmar av kommunestyret,

Detaljer

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE. REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE. 1. GENERELT 1.1 Føremål Møre og Romsdal fylke har som mål å yte god service og vere tilgjengeleg for innbyggarane i fylke og for

Detaljer

Personalreglement Masfjorden kommune

Personalreglement Masfjorden kommune Personalreglement Masfjorden kommune Vedteke i kommunestyret 19. juni 2008. Forord Masfjorden kommune er ei verksemd som har til hovudoppgåve å yte service og tenester til innbyggarane i kommunen. Besøkande

Detaljer

rbeidsreglement for ansatte i Karmøy kommune

rbeidsreglement for ansatte i Karmøy kommune rbeidsreglement for ansatte i Karmøy kommune Vedtatt av hovedutvalg administrasjon 25. januar 2012 Formål, hjemmel Dette reglementet gjelder som arbeidsreglement etter arbeidsmiljølovens 14-17. Reglementet

Detaljer

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret Postadr.: Telefon: Telefaks: Bankgiro: Organisasjonsnr.: 5981 MASFJORDNES 56 16 62 00 56 16 62 01 3201 48 54958 945627913 E-post:post@masfjorden.kommune.no

Detaljer

TYSNES KOMMUNE RUTINE VED AVSLUTNING AV ARBEIDSFORHALD

TYSNES KOMMUNE RUTINE VED AVSLUTNING AV ARBEIDSFORHALD TYSNES KOMMUNE RUTINE VED AVSLUTNING AV ARBEIDSFORHALD Vedteke i kommunestyret 12.12.17 Side 1 av 6 INNHALD 1 MÅLSETJING... 3 2 ANSVARLEG... 3 3 DEFINISJONAR... 3 3.1 Sluttattest:... 3 3.2 Oppseiingsfrist:...

Detaljer

Styresak. 14.05.14 Anne Hilde Bjøntegård Verksemdoverdraging Eidfjord ambulansestasjon

Styresak. 14.05.14 Anne Hilde Bjøntegård Verksemdoverdraging Eidfjord ambulansestasjon Styresak Går til: Føretak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Styremedlemmer Helse Fonna HF 14.05.14 Anne Hilde Bjøntegård Verksemdoverdraging Eidfjord ambulansestasjon Arkivsak 63/13 96/13 O 28/14 A Styresak

Detaljer

Tariffavtale del B. mellom. Norsk Sjukepleiarforbund og Helse Bergen HF

Tariffavtale del B. mellom. Norsk Sjukepleiarforbund og Helse Bergen HF Tariffavtale del B mellom Norsk Sjukepleiarforbund og Helse Bergen HF 01.05.16 til 30.04.18 Vedteken i avsluttande sentrale forhandlingar 15. juni 2016 Arvid Lo^ceic^d XS'C Nils agne Sæle Arvid La rfg(

Detaljer

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE I SAMNANGER KOMMUNE Vedteke av Samnanger kommunestyre Sist ajourført

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE I SAMNANGER KOMMUNE Vedteke av Samnanger kommunestyre Sist ajourført REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE I SAMNANGER KOMMUNE Vedteke av Samnanger kommunestyre 27.09.2007. Sist ajourført 15.11.2016. Reglementet gjeld frå og med budsjettåret 2008. 1. Ordførargodtgjersle

Detaljer

Side 2 av 11 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 002/ /363 Faste saker 003/ /796 Klage på avslag på

Side 2 av 11 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 002/ /363 Faste saker 003/ /796 Klage på avslag på SAMNANGER KOMMUNE Side 1 av 11 MØTEINNKALLING Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato 24.05.2018 Møtetid: Kl. 13.00 Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet

Detaljer

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE Vedtatt av kommunestyret den 02.02.2017 For sakshandsaming i folkevalte organ gjeld reglane i kommunelova (KL) med følgjande utfyllande føresegner

Detaljer

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste Sogndal kommune Møteinnkalling Utval: ADMINISTRASJONSUTVALET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 03.03.2010 Tid: 09:00 Eventuelt forfall skal meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter

Detaljer

TYSNES KOMMUNE Rådhuset Uggdalsvegen UGGDAL Telefon TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

TYSNES KOMMUNE Rådhuset Uggdalsvegen UGGDAL Telefon TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER TYSNES KOMMUNE Rådhuset Uggdalsvegen 301 5685 UGGDAL Telefon 53437014 TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER INNHALD 1 OM RETNINGSLINENE... 3 1.1 Kva er etikk... 3 1.2 Føremål... 3 1.3 Omfang... 3 1.4 Verknadstid

Detaljer

Når det gjelder ekstraordinært arbeid for å avhjelpe arbeidsløshet, vises til Hovedtariffavtalens fellesbestemmelser, 1.

Når det gjelder ekstraordinært arbeid for å avhjelpe arbeidsløshet, vises til Hovedtariffavtalens fellesbestemmelser, 1. Arbeidsreglement for Nordre Land kommune 1 OMFANG Dette reglement gjelder for arbeidstakere i heltidsstilling. Dersom annet ikke er bestemt gjelder reglementet også for arbeidstakere i deltidsstilling.

Detaljer

Norddal kommune Personalpolitiske retningsliner

Norddal kommune Personalpolitiske retningsliner Norddal kommune Personalpolitiske retningsliner Vedteken 22.11.2012 i kommunestyresak 121/12 Innleiing. Norddal kommune produserer tenester som Norddalssamfunnet er avhengige av kvar einaste dag gjennom

Detaljer

Arbeidsreglement. Reglement. - Gjeldende for alle ansatte i Eigersund kommune - Vedtatt av: Rådmannen

Arbeidsreglement. Reglement. - Gjeldende for alle ansatte i Eigersund kommune - Vedtatt av: Rådmannen Reglement Arbeidsreglement - Gjeldende for alle ansatte i Eigersund kommune - Vedtatt av: Rådmannen Dato: 22.09.2014 Vedtaksnr. 14/23964 JpID: 14/25494 Dokumentansvarlig (Enhet): Personalseksjonen Revisjonsintervall:

Detaljer

PERSONALPOLITISKE RETNINGSLINJER

PERSONALPOLITISKE RETNINGSLINJER PERSONALPOLITISKE RETNINGSLINJER 1. Grunnleggjande verdiar i vår organisasjon Fusa kommune Innleiing Til alle tilsette: Fusa kommune representerer eit mangfald av forskjellige oppgåver og tenester. Aktivitetane

Detaljer

REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR

REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR SUND KOMMUNE Dok.dato: 03.06.2013 Vår Ref: 2011002433-3 Arkiv: N-028 REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR Vedteke av kommunestyret 07. nov. 2006 sak K-104/06 gjeldande frå 01.01.2007 Oppdatert etter

Detaljer

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg? IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil

Detaljer

2 Kommunale møte Reglementet gjeld møte i kommunestyre, formannskap, forvaltningsutval og administrasjonsutval, heretter kalla folkevalde organ.

2 Kommunale møte Reglementet gjeld møte i kommunestyre, formannskap, forvaltningsutval og administrasjonsutval, heretter kalla folkevalde organ. ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE I LÆRDAL KOMMUNE 1 Folkevald opplæring/ informasjon Tidleg i kvar valperiode skal det haldast kurs for medlemmer av kommunestyre ("folkevald opplæring") i dei grunnleggande

Detaljer

Selskapsavtale for Sogn og Fjordane Revisjon IKS Gjeldande frå

Selskapsavtale for Sogn og Fjordane Revisjon IKS Gjeldande frå Selskapsavtale for Sogn og Fjordane Revisjon IKS Gjeldande frå 1.01.2014 1. Selskapet Sogn og Fjordane revisjon IKS (SF revisjon IKS) er eit interkommunalt selskap oppretta med heimel i Lov om interkommunale

Detaljer

Lønn ved tilsetting. Eit hefte om søkar sin situasjon når lønn skal avtalast.

Lønn ved tilsetting. Eit hefte om søkar sin situasjon når lønn skal avtalast. Lønn ved tilsetting Eit hefte om søkar sin situasjon når lønn skal avtalast. Innhaldsliste LØNN VED TILSETTING 3 Generelt om lønn ved tilsetting 3 For søkarar Lønnskrav ved tilsetting 3 Kva seiar tariffavtalen?

Detaljer

Permisjonsreglement Gjeldande frå 15. juni 2011

Permisjonsreglement Gjeldande frå 15. juni 2011 Permisjonsreglement Gjeldande frå 15. juni 2011 Sak 2009/106 1 Overordna prinsipp Arbeidstakarane får fri når viktige behov tilseier det. Ved vurdering av søknader om permisjon, skal ein ta omsyn til både

Detaljer

TURNE MED I SOGN OG FJORDANE

TURNE MED I SOGN OG FJORDANE TURNE MED I SOGN OG FJORDANE Hei! Starten på turneen nærmar seg, og vi er glade for at du/de er ein del av tilbodet i Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane. Vedlagt finn du/de: Kontrakt for oppdrag/engasjement

Detaljer