RAPPORT STUDIETUR CUBA/ HAVANA mars, 2004.

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "RAPPORT STUDIETUR CUBA/ HAVANA 12 21 mars, 2004."

Transkript

1 RAPPORT STUDIETUR CUBA/ HAVANA mars, FORMÅLET MED REISA: Sunnmøre Folkehøgskule har gått ut med ei ny linje frå hausten 2004: Musikk Reiseliv: Cuba / Sør Afrika. Vi såg det som nyttig at ein av pedagogisk personale har vore på Cuba i forkant av studieturen for elevane i november Målet var å gjere seg kjent med land og system, setje seg inn i kultur og historie og kva tilbod som finns, og møte aktuelle samarbeidspartnarar for elevopplegg innan musikk og dans. 2. REISERUTE: Ulsteinvik Hareid Vigra - Gardermoen Paris Havana Havana Paris Oslo Tallin. ( Flaug frå Oslo til Tallin for å ta igjen resten av skulen som var på veg til Latvia på skuletur. ) 3. INNHALD AV REISA DAG FOR DAG: Fredag, 12.mars Fly frå Gardermoen til Paris kl etter ei natt på flyplassen. Venta 4 timar i Paris før neste avgang, var framme i Havana sein ettermiddag etter ti timar på fly... Mitt reisefølge, Iselin, fekk ikkje kofferten, og måtte bruke tid på å melde den sakna. Fekk tak i ein pirat-taxi utanfor flyplassen. Betalte sjåføren 20 US$ for turen til hotellet. (Skulle eigentleg bli henta av bil frå hotellet, men p.g.a koffertstyr, trudde dei sikkert at vi ikkje var komne.) Sjekka inn på Hotell Comodoro, som låg ca. 20. min vest for sjølve Havana by. Åt mat på hotellets italienske café, og la oss til å sove etter ei slitsom reise. Laurdag, 13. mars Sto opp, lys vakne, kl Ikkje heilt snudd døgnet endå. Hadde bestemt oss for å ta det litt roleg første dagen. Frukost og soling ved bassenget før vi traff Liliana, vår kontaktperson ved Mira Cuba Reisebyrå, som har kontor på hotellet. Ho bestilte 4 timars sightseeingtur for oss til mandag, 15.mars. Ho informerte oss også om andre tilbod vi burde nytte oss av. Vi traff og Hallstein Saunes, tidlegare HØDD-trenar frå Ulsteinvik, som var og trente Fløy fotball-lag frå Flekkerøy. Vi vart inviterte med på landskamp mellom Fløy og det cubanske U-landslaget som skulle vere dagen etter. Kl tok vi shuttlebuss frå hotellet til Gamle Havana bydel, bussen var gratis for hotellgjester. I den gamle bydelen gjekk vi først og kikka på alt dei hadde å selge på turistmarknaden. Det var fleire enn oss som var turistar der, og prisane var deretter. Etterpå leigde vi hestedrosje med guide, som tok oss med til sjåverdige bygningar og område i Old Havana. Guiden snakka brukbart forståeleg engelsk, og kunne svare på nyfikne spørsmål som vi hadde om land, kultur, historie og politikk. Det skulle vise seg at ikkje alle vi traff snakka like åpent om politiske tilhøve, men denne mannen sa at bortsett

2 frå helse- og skule-politikken, så var han nokså kritisk til styresmaktene, og skeptisk til tida som vil komme etter Castros død. På rundturen fekk vi sjå at dei fleste bygningane var i veldig dårleg stand, men at det vil bli ein utruleg vakker og flott by når oppussinga kan kome i gang for fullt. Arbeidet er allereie byrja, men det tar tid, då ml.a. maling er mangelvare og veldig dyrt. Vi testa Margarita pizza på Café Paris i gamlebyen, og den var billeg og god. Levande musikk fekk vi til maten, men toalettet var lite fristande å bruke. Tok taxi med taksameter tilbake til hotellet. Turen kosta oss 8$, så visste vi det til seinare. Vi ville ha ein liten lur før middag, men vi sovna så tungt, at vi vakna ikkje før tidleg neste morgon. Så det var den laurdagskvelden. Sundag, 14.mars Traff Hallstein, og fekk sitje på i bussen med alle fotallspelarane. Det var litt stas, for det var nokre gamle landslagsspelarar med Iselin og eg slo følge med supportergjengen, som besto av tre stykk menn, og vi heia entusiastisk på det norske laget. Det hadde kome overraskande mange cubanske tilskodarar til kampen, så det vart skikkeleg stemning. (Den store nasjonalsporten på Cuba er IKKJE fotball, men baseball. Alle spelar baseball overalt der det let seg gjere, og vanlege kampar kan samle over tilskodarar.) Fløy vann 4 0 over Cuba U- landslaget. Imponerande, i det varme veret. Møtte foretningsmannen Morten Jørgensen under kampen, og avtalte møte med han kl dagen etter. Han starta Mira Cuba, og er også frå Ulsteinvik, opprinneleg. Men no bur han nesten like mykje på Cuba som i Norge, og har gifta seg med ei cubansk kvinne. Så han har stor kunnskap om Cuba, og Havana spesielt. Møtte også tre norske jenter som var studentar ved skulen Instituto Superior del Arte, på danselinja. Dei var tidlegare studentar ved Den Norske Balletthøyskole, og brukte eit år i Havana for å fordjupe seg i ballett og salsa. Vi avtalte å treffast ved skulen for omvisning, torsdag kl Vi hadde ein roleg kveld på hotellet. Såg eit fengande salsa-show i dansebaren. Synd at så få gjester ved hotellet var og såg på. Mandag, 15.mars Sightseeingbussen var tre kvarter forsinka. Cuban time, sa folk med eit smil. Altså heilt normalt. Bussen var innom fleire hotell og tok på folk, på veg til Havana. Dette tok ca. ein time til. Turen innheld stopp ved Capitolo, ein bygning prikk lik The Capitol i Washington, bygd av amerikanarane før revolusjonen. Vi stoppa og ved rom-fabrikken Bocoy. Der fekk vi omvisning, og det var høve til å kjøpe uteljelege sortar rom, sigarar og kaffi. Vi var ut på det gamle spanske fortet og fekk ta sky-line - bilete av Havana. Fortet var frå ca talet, opprinneleg. Og så gjekk vi til fots rundt i Gamle Havana og fekk innføring i Havanas rike historie. Det var litt vanskeleg å få med seg alt guiden sa, for ho snakka mest på spansk, og berre litt på dårleg engelsk. Det var fleire europeiske turistar i følget som ga opp, og gjekk sine eigne vegar etterkvart. ( Med ei gruppe elevar, bør vi finne ein guide som berre fortel på engelsk. ) Tilbake på hotellet traff vi Morten Jørgensen, som fortalte oss det meste som var verdt å vite om Havana. Han tipsa oss om ting å sjå og gjere, kva vi burde skygge unna og kva vi burde få med oss.

3 I Delfin-baren ved bassenget vårt traff vi lærarar og studentar frå Jazz-linja ved Musikkonservatoriet i Trondheim. Dei hadde kome dagen etter oss, og skulle vere ein dag lenger. Vi fekk invitasjon til å vere med dei på Jazz Café same kveld, og på forelesning dagen etter. Forelesningen skulle vere om temaet: Historisk bakgrunn for cubansk musikk. Stad: Cinmuc; Centro Investigacion y desarrollo de la musica Cubana. Institutt for latinamerikansk musikkforskning. Tysdag, 16.mars Reiste med Jazzlinja kl til Cinmuc. Traff Raymondo, som var salsainstruktør ved Sunnmøre Folkehøgskule i fjor haust. Han jobbar ved instituttet. Høyrde på eit informativt og grundig foredrag ved Dr. Olavo Alen Rodriguez, musicologo director på Cinmuc. Men det hadde så høgt nivå, at eg trur ein gjennomsnitts norsk musikkelev ikkje hadde klart å henge med så veldig lenge. Etter foredraget fekk jazzstudentane tilbod om privattimar med enkelte utøvarar, mens eg gjekk ein rusletur inn og ut av forskjellige sidegater, såg på livet i gatene og kikka på flotte, gamle hus. Rusla og langs Malecon, den 5 km. lange sjøgata langs havet. Tilbake på hotellet traff eg Liliana, og bestilte ein dagstur for Iselin til Caya Blanco, med snorkling, hummerfiske og delfinshow som noko av innhaldet. Sjekka ut eit treningssenter som låg på hotellområdet. I tillegg til vanleg styrketrening var det høve til å spele tennis, beachvolley, få massasje, spa og lignende. Vi betilte ein tennistime til dagen etter, sidan ingen av oss har spelt det før. Vi var med Jazzlinja på jazzkonsert denne kvelden og, på La Zorra y el Cuervo. I følge jazzekspertane var det o.k. jazz. Utveksla tankar med eine jazzlæraren om pedagogiske metodar innan deira undervisning og folkehøgskulepedagogikk. Fann ut at vi hadde mykje av dei same tankane Onsdag, 17.mars Denne dagen ville vi sjekke ut Playa del Este, nærmare bestemt Santa Maria-stranda. Det tok ca. 35 min. med taxi til stranda, som låg aust for Havana by. Vi betalte 20$ ein veg. Nydeleg strand og varmt, klart hav. Det var fleire stader å kjøpe mat og drikke. Vi hadde bestilt same taxi til å hente oss kl , så vi kom oss greitt heim att. Busssambanda på Cuba er ikkje alltid like påliteleg, så taxi er like greitt for turistar, seier dei som kan dette. Traff Liliana igjen, og bestilte billettar til Cabaret Parisien, eit folkloristisk og forrykande danse-show. Spela tennis ein time i solnedgangen, og fann ut at tennis er tungt og vanskeleg. Ikkje heilt det same som squash. Såg eit afro-cubansk show, der afrikansk og cubansk musikk og dans var smelta sammen. Torsdag, 18.mars Traff Kristine og Mariann utanfor skulen Institutu Superior de Arte kl Dette er ein skule som gir undervisning i musikk, dans, teater og kunst. Dei tok oss med til Directora Relaciones Internacionales, Sonia Ortega Bravo. Ho fortalte litt om skulen og utdanningstilbodet, og inviterte oss til å komme på visitt med

4 folkehøgskuleelevar til hausten. Det skulle vere mogeleg å få undervisning i både perkusjon og salsa. Kristine viste oss rundt på skuleområdet, og vi såg litt på ein ballettklasse i aksjon. Etter omvisninga, reiste vi inn til Havana by og besøkte sigarfabrikken Habanas as. Fekk omvisning, ( såg at sigarane IKKJE blir rulla på jomfrulår ) og ein sigar i gåve frå guiden. Fabrikkbygningen var frå 1902, men no skulle dei endeleg få flytte til nye lokale. Sigar-rulling var eit populært yrke på Cuba, fordi det ga fast ekstraintekt. Alle tar med seg nokre få sigarar frå jobb, og sel dei på gata. Slik tener dei ein ekstra slant. Vi gjekk til Revolusjonsmuseet etterpå. Der var det mykje om historien til Cuba før og etter revolusjonen i Mange bilete og nok å lese for den som har tid. Museet heldt til i den gamle regjeringsbygningen, eit palass bygd på byrjinga av 1900-talet. I tillegg var det ei utstilling der enkelte fartøy brukt under revolusjonen var utstilt, ml.a. båten Grandma. Det var båten som 82 revolusjonære cubanarar kom i, frå Mexico i Dei vart møtt av regjeringshæren, og berre 21 av dei overlevde. To av dei var Che Guevara og Fidel Castro. Dei gøymde seg i skogane nokre år og verva nokre få hundre menn, før dei styrta den sitjande regjeringa i 1959, kort fortalt Etter museumsbesøket traff vi tilfeldig på dei tre jazzlærarane, og vi vart med dei og åt middag på Katedralplassen. Der vart vi sitjande lenge å høyre på to ulike salsaband som spela og sang for oss turistar. Og jazzmusikarane kunne fortelje at dette var musikarar som kunne sine ting. Etter middagen tok vi sykkeldrosje tilbake til hotellet, ein luftig og artig tur. Fredag, 19.mars Jan Thormodsæter, vår turoperatør i Mira Cuba kom kvelden før, og han hadde avtalt møte med eit par aktuelle samarbeidspartnarar for framtidig studietur. ( Han hadde også ansvaret for Jazzlinja sitt studieopplegg.) Denne dagen skulle vi treffe Olavo Rodriguez ved Cinmuc, for å høyre kva han kunne tilby oss av opplegg for våre elevar. Vi avtalte ikkje noko endeleg, men alt ligg åpent for samarbeid. Iselin drog på dagstur til Caya Blanco, og meinte at den turen absolutt var noko elevar burde få med seg. Vi sola oss litt på ettermiddagen, før vi tok med oss Jan og såg Cabaret Parisien. Showet var ein skuffelse. Eit glitter- og stas-show med playback-salsa og uspennande dansing. Ikkje noko å ta elevar med på. Jan anbefalte oss å gå på Tropicana i staden, eit utendørs danse-show som han hadde vore på. Etter showet traff vi Jazzlinja på Jazzclub Irakere. Der spela ein gamal cubansk jazzlegende ( som eg ikkje hugsar kva heiter ) som blanda salsa og jazz. Spennande musikk. Laurdag, 20.mars Vi hadde avtalt å treffe leiaren for Yolanda, ei profesjonell dansegruppe, denne formiddagen. Ho virka som ei grundig og dyktig kvinne, som hadde mange tankar om kva ho kunne tilby oss av undervisningsopplegg innan dans og musikk for våre elevar. Så henne skal vi halde kontakt med, definitivt. Etter dette møtet gjekk Jan og eg og skulle sjå eit rumba-show, men det var ikkje rumba, men folklore frå Afrika. Vi fekk vite at det er rumbashow på sundagane kl

5 Vi hadde fått lov å komme til Abdalah Studio og høyre på to av jazzlærarane som skulle spele inn to songar til ein cd. To vakre folketonar. Følte meg privilegert som fekk lov til å høyre to av norges dyktigaste jazzmusikarar utfalde seg! Om kvelden var vi på La Caza de Musica for å høyre på Van Van, det mest populære salsabandet på Cuba. Det var lang kø for å komme inn, men etter nokre timar i kø var vi inne. Forrykande musikk og stor danseglede. Sundag, 21.mars Opp tidleg for å nytte dei siste solstrålane. Fekk selskap av våre jazzvenner. Reiste frå hotellet tre timar før flyavgang, og det stemmer godt at ein bør ha minst 2 ½ time på flyplassen. Vi venta ein time på at flyet skulle lette, fordi to passasjerar fekk problem i tollen, uten synleg grunn. Etter ei lang reise over havet, kom vi til Paris, og vi klarte å rekke flyet til Oslo med knapp margin. Men koffertane våre rakk det ikkje. Så dei kom med neste fly (At eg har skrive inn ein del tidspunkt, prisar og kor lang tid ting tok i rapporten, er ikkje for å kjede den som må lese dette, men for å ha det til seinare planlegging av studietur til Cuba. ) 4. ERFARINGAR UT FRÅ MÅLSETJING: Hovudmålet med reisa var å få kjennskap til Cuba / Havana som studiemål for Musikk Reiseliv Cuba / Sør Afrika. Dette meiner eg å ha fått. Det er viktig at reiseleiar på studieturar sjølv har vore i det landet/ byen som ein tar med elevar til. Dette både av tryggleiksgrunnar og for innhaldet og opplegget sin del. Ved å ha erfart ulike sider ved det cubanske system og sett korleis ting fungerer/ ikkje fungerer, er det lettare å planlegge ein best mogeleg studietur i nov Eg har knytt kontakter med tre aktuelle institusjonar/ skular som vil gje oss tilbod om undervisning i cubansk musikk og dans og eg har formeiningar om kva som er verdt å få med seg av historiske og kulturelle tilbod. Eg har gjort meg rimeleg godt kjent i både den nye og gamle del av Havana og sett på høve til utflukter utanfor hovudstaden. Eg har tileigna meg nyttig kunnskap om forholda på Cuba før og no, og har breiare grunnlag for å kunne undervise elevane om Cuba/ Havana. Tusen takk for at eg fekk høve til å reise til Cuba ved at de ga meg støtte!

6 5. BUDSJETT: CUBA REKNESKAP Vedlegg Hareid- Vigra Fly og opphald Cuba Visum Utreiseskatt frå Cuba City Tour Havana Taxi flyplass-hotell 140 Taxi hotell-havana 35 Hestevogn-guiding Old Havana 52,5 Lunsj og middag 10 dagar 1000 Taxi Havana - hotell 28 Jazzcafe, konsert 70 Jazzclub La Zorra y el Cuervo 70 Taxi til Playa Del Este 140 Cabaret Parisien Guiding Habanas as Revolusjonsmuseet Sykkeldrosje Havana - hotell 49 jazzclub Irakere 35 Casa de la Musica 175 Tips til romservice 200 Leige av safe 140 Linnea y Quatro folklore Sjøsafari Caya Blanco ,50 ( Jan Thormodsæter, turoperatør til Cuba, vil skrive under på at dei utlegga eg ikkje fekk kvittering for er riktige. ) dato: Sign: Eg bed om at 7500,- vert overført til Sunnmøre Folkehøgskule, 6065 Ulsteinvik, konto nr Ulsteinvik Venleg helsing Einfrid Grindheim

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

kulturmix CUBA!!!!!!!!! 27. sept - 10. okt 2014

kulturmix CUBA!!!!!!!!! 27. sept - 10. okt 2014 kulturmix CUBA 27. sept - 10. okt 2014 Havana Laurdag 27 September 1450 Ankomst Havana 1630 Innsjekk på «mafia hotellet» Hotel Nacional - middag på hotellet ( 1 drikke inkludert ) opplegg til byen for

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Austigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei alle sammen! Plassebakken Barnehage BA I januar har vi nytta oss av det fine veret å vøre mykje ute! Sjølv om det

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Sommartur til Sverige,

Sommartur til Sverige, Sommartur til Sverige, 7 dagarstur med avreise 30. juni 2015, Storby, «glasriket» i Småland og grensehandel På denne turen skal vi i tillegg til Stockholm og Gøteborg, mellom anna innom salmediktaren Lina

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

California State University Northridge Av Silje Vågen

California State University Northridge Av Silje Vågen California State University Northridge Av Silje Vågen Om skulen Hausten 2014 reiste eg til Northridge for å studere der eit semester. Northridge er ein by nord I Los Angeles. Det er rundt 38.000 studenter

Detaljer

MEDLEMSINFO. august 2009

MEDLEMSINFO. august 2009 MEDLEMSINFO august 2009 No er ferien over! Sidan siste medlemsinfo har vi slett ikkje hatt ferie. Denne sommaren har vore veldig aktiv. Tusen takk til alle dokke som har stått på i sommar!! Det har vore

Detaljer

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya? Velkomen til blåtur. Under køyreturen nå og litt utover kvelden skal de få ein Quiz å kose dykk med. De som er i denne bilen er ei gruppe. Gi gruppa eit namn og set igong. QUIZ GRUPPENAMN:. 1. Kva verdsdel

Detaljer

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Månen som ville lyse som ei sol (2012) av Elin Grimstad - og bruk av læringsvenn på 1. trinn PRESENTASJON AV BOKA: Kvifor er eg ikkje meir som sola?

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10

PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10 PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10 1 PREPOSISJONAR Vi deler preposisjonane inn i ulike grupper etter kva dei fortel om: Stad: Tid:

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet: SETNINGSLEDD 1 Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet: Leo som budde på Cuba før, snakkar godt norsk. Subjekt: Leo som budde på Cuba før Verbal: snakkar

Detaljer

PROGRAM Cuba 14. 27. april 2014

PROGRAM Cuba 14. 27. april 2014 PROGRAM Cuba 14. 27. april 2014 Cuba ligger ca. 150 km sør for Florida og er den største øya i Karibien omtrent på størrelse med England. En reise til Cuba vil være en reise du aldri vil glemme. Cuba -

Detaljer

PROGRAM Cuba 2. 15. mars 2016

PROGRAM Cuba 2. 15. mars 2016 PROGRAM Cuba 2. 15. mars 2016 Cuba ligger ca. 150 km sør for Florida og er den største øya i Karibien omtrent på størrelse med England. En reise til Cuba vil være en reise du aldri vil glemme. Cuba - det

Detaljer

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom Formål med pasienthotelllet: Hovudoppgåva er å vere eit tilbod for at pasientane skal behandlast på beste

Detaljer

Nettverksgruppa på hospiteringsbesøk i Danmark

Nettverksgruppa på hospiteringsbesøk i Danmark Nettverksgruppa på hospiteringsbesøk i Danmark Onsdag 10.september, sette nettverksgruppa for læring og mestring i Helse Vest, kursen mot Danmark. Me møttes frå nord til sør i Helse Vest på flyplassen

Detaljer

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok. Å BINDE SAMAN SETNINGAR 1 Kva ordklasse høyrer dei utheva orda til? Då eg var i London, besøkte eg tanta mi. Ein hund beit Leo. Derfor er han redd hundar. Arne går på spanskkurs, for han vil lære spansk.

Detaljer

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår? Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår? Innlevert av 7B ved Bergsøy skule (Herøy, Møre og Romsdal) Årets nysgjerrigper 2015 Vi i klasse 7B har mange ulike ting vi lurer på, og synes det høyrdes spanande

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014 Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014 Tema: Utskriving av pasientar frå sjukehus til kommune Samhandling mellom Stord sjukehus

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

PROGRAM Cuba 31. mars 12. april 2016

PROGRAM Cuba 31. mars 12. april 2016 PROGRAM Cuba 31. mars 12. april 2016 Cuba ligger ca. 150 km sør for Florida og er den største øya i Karibien omtrent på størrelse med England. En reise til Cuba vil være en reise du aldri vil glemme. Cuba

Detaljer

Tur til det vakre. DUBROVNIK-området. Ver med oss til ei av dei vakraste perlene i Europa landsbyen. Cavtat i Kroatia

Tur til det vakre. DUBROVNIK-området. Ver med oss til ei av dei vakraste perlene i Europa landsbyen. Cavtat i Kroatia Tur til det vakre DUBROVNIK-området Ver med oss til ei av dei vakraste perlene i Europa landsbyen Cavtat i Kroatia 8-dagars tur med fly frå Bergen. Avreise 3.mai 2014 PROGRAM Berre 5 km. frå Dubrovnik

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5 Noteringshefte N Y N O R S K Trinn 3 5 Noteringshefte Personalia: Testpersonens namn:... Fødselsdato:... Norm:.. Skule/Institusjon:... Klasse:.... Testleiar:... Dato:.. Merknadar: 1. Leseflyt og leseforståing

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

15-30 personar i enkle og doble rom Vi har pr. dato ikkje reservert rom for gruppa dykkar.

15-30 personar i enkle og doble rom Vi har pr. dato ikkje reservert rom for gruppa dykkar. Nordfjord Motorhistoriske klubb Att: Frode Naustdal frodenaust@yahoo.no Dato: Geiranger 30.01.08 Tilbod på helgeopphald våren 2008 Vi viser til mail, og har gleda av å kunne presentere følgjande tilbod:

Detaljer

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på studietur til Spydeberg De kan lesa meir om dokumentasjon av vandringar her: http://bibliotekarvandring.wordpress.com/2013/10/07/dokumentasjon-av-vandringa/

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN Oppsummering/ evaluering av månaden Også denne månaden har me vore mykje ute. Prøver å komma oss ut to gonger i løpet av dagen om veret er nokon lunde ok. Det er mykje sykling

Detaljer

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Kommunar, institusjonar, personar innan psykisk helsevern i Hordaland Vår ref.: (nyttast ved korrespondanse) Dykkar ref.: Bergen, 02. mars 2012 200800612-62/626/HANESPE

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Sørigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei og hå! I månaden som er gått har vi leika oss ute i snøen, så nær som kvar dag. Vi sila i bakkane og mala på snøen

Detaljer

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter. RAPPORT FRÅ STRANDEBARM SKULE TYSDAG 18/10-05 Gruppa vart delt i 3. Det me skulle gjera i dag var: gjera klar grønsaker til marknad, stell i fjøset og steike pannekaker på stormkjøkken. Poteter og gulrøter

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Jon Fosse. Andvake. Forteljing Jon Fosse Andvake Forteljing 2007 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Stian Hole/Blæst design Printed in Denmark Trykk og innbinding: Nørhaven Paperback AS, 2008 Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia,

Detaljer

Stormfestival 2016. Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Stormfestival 2016. Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival. Stormfestival 2016 Klart for stormfest Då er det like før det brakar laust med stormfestival. Stormfestival 2016 nermar seg. Vi er klare for at alle skal få ei triveleg helg her ute med kysten. Her kjem

Detaljer

STUDENTRAPPORT. NAVN PÅ VERTSINSTITUSJON: Santa Maria Hospital, Escola Superior de Saude, Red Cross.

STUDENTRAPPORT. NAVN PÅ VERTSINSTITUSJON: Santa Maria Hospital, Escola Superior de Saude, Red Cross. STUDENTRAPPORT NAVN PÅ VERTSINSTITUSJON: Santa Maria Hospital, Escola Superior de Saude, Red Cross. BY: Lisboa LAND: Portugal UTVEKSLINGSPERIODE: 15.09.11-15.12.11 EVENTUELL FERIEPERIODE I LØPET AV UTVEKSLINGEN:

Detaljer

Eksamen 27.05.2013. SAM3023 Rettslære 2. http://eksamensarkiv.net/ Nynorsk/Bokmål

Eksamen 27.05.2013. SAM3023 Rettslære 2. http://eksamensarkiv.net/ Nynorsk/Bokmål Eksamen 27.05.2013 SAM3023 Rettslære 2 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid Hjelpemiddel Bruk av kjelder Vedlegg Informasjon om oppgåva Informasjon om vurderinga Eksamen varer i 5 timar.

Detaljer

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling... 10 Spørjesetningar... 11 Imperativsetningar... 15 Det-setningar...

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling... 10 Spørjesetningar... 11 Imperativsetningar... 15 Det-setningar... HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling... 10 Spørjesetningar... 11 Imperativsetningar... 15 Det-setningar... 16 1 HEILSETNINGAR Ordstilling I ei norsk setning kjem orda i ei bestemt

Detaljer

Styremøte og opplegg for styret i Regionalt Forskingsfond Vestlandet

Styremøte og opplegg for styret i Regionalt Forskingsfond Vestlandet Styremøte og opplegg for styret i Regionalt Forskingsfond Vestlandet Sogndal 19-20. juni 2014 Fosshaugane Campus Bilde frå Kvålslid september 2012. Eplesorten Discovery er klar til hausting. Styremøtet

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Rom ved havet, rom i byen

Rom ved havet, rom i byen Frode Grytten Rom ved havet, rom i byen Noveller Oslo 2012 Det Norske Samlaget 2007 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8441-9 4. utgåva Om denne boka

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE SLUTTRAPPORT FOR PROSJEKT: KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE Prosjektet starta opp i 2012 som eit samarbeidsprosjekt mellom Hjeltnes vgs, Sogn jord og hagebruksskule, Norsk fruktrådgiving Hardanger

Detaljer

Gutar 16. Informasjonshefte. Dags- og kampprogram, reiseruter til dei ulike banene

Gutar 16. Informasjonshefte. Dags- og kampprogram, reiseruter til dei ulike banene Gutar 16 Informasjonshefte Dags- og kampprogram, reiseruter til dei ulike banene Innleiing I dette heftet er det samla litt informasjon om dei første dagane under Norway Cup. Veien vidare frå tysdag er

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

Inspirasjon og erfaring i Natural Horsemanship, for bruk i Folkehøgskulen.

Inspirasjon og erfaring i Natural Horsemanship, for bruk i Folkehøgskulen. Rapport frå studiereise til USA: Tema: Inspirasjon og erfaring i Natural Horsemanship, for bruk i Folkehøgskulen. 1.1 Presentasjon. 1.2 Formålet med reisa. 2.1 Skildring av reiserute. 2.2 Litt om Athens.

Detaljer

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Det har vore eit flott halvår på raud gruppe. I gruppa har me 13 born, 10 jenter og 3 gutar, ein pedagog og ein assistent. Me har hatt tre studentar denne hausten.

Detaljer

1. Fritid og bibliotek... 1. 2. Hos legen... 7. 3. Høgtider... 12. 4. Mattradisjonar... 18. 5. Sunnheit og kosthald... 25. 6. Arbeidsliv...

1. Fritid og bibliotek... 1. 2. Hos legen... 7. 3. Høgtider... 12. 4. Mattradisjonar... 18. 5. Sunnheit og kosthald... 25. 6. Arbeidsliv... Innhald 1. Fritid og bibliotek... 1 2. Hos legen... 7 3. Høgtider... 12 4. Mattradisjonar... 18 5. Sunnheit og kosthald... 25 6. Arbeidsliv... 30 7. Jobb i sikte... 35 8. Skule og utdanning... 40 9. Familie

Detaljer

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere! SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE Å R G A N G 2 0 1 3 N R. 3 2 5. 1 0. 2 0 1 3 ningslaust å gjere masse arbeid for å få l noko som vi meinar er eit bra opplegg dersom dei vi lagar det for ikkje bryr seg/prioriterar

Detaljer

Bruk av reiserekning i Agresso

Bruk av reiserekning i Agresso Bruk av reiserekning i Agresso Generell saksgang: 1. Reiserekning på web skal fyllast ut av den tilsette. 2. Når reiseregning er ferdig utfylt, skal den tilsette skrive ut reisebilag og stifte kvitteringar

Detaljer

Rektorforum 15. april

Rektorforum 15. april Til Skolen v/ rektor IKF-Rundskriv 06-2008 Oslo, 18. februar 2008 Rektorforum 15. april Viser til særmøte under rektorsamlinga i Tromsø i januar. Der vart det bedt om at IKF arrangerer eit rektorforum

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00 MØTEPROTOKOLL Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/14 14/389 Framlegg til møteplan for Leikanger ungdomsråd våren 2014 2/14

Detaljer

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD Magne Vivelid Gaular Frivilligsentral 24. Mai 2012 Gaular, ein kommune i vakre Sogn og Fjordane 07.06.2012 Landskonferansen på Alexandra 2 Gaular, med dei 3 ruteområda

Detaljer

Les for livet - del 2 (Ref #1318522676368)

Les for livet - del 2 (Ref #1318522676368) Les for livet - del 2 (Ref #1318522676368) Søknadssum: 299000 Kategori: Leseløftet Varighet: Treårig Opplysninger om søker Organisasjonsnavn / nr Osterøy bibliotek / 974774682 senter 5282 http://osteroy.bibliotekivest.no/

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette? Norsk etnologisk gransking Desember 1955 Emne nr. 53 TRESKING II I 1. Kva tid på året var det dei til vanleg tok til å treskja? Var det visse ting dei i så måte tok omsyn til, t. d. om kjølden var komen?

Detaljer

MILLIONSTØTTE TIL JÆRMUSEET

MILLIONSTØTTE TIL JÆRMUSEET JÆRLAPPEN Nr. 2, 2015 Meldingsblad for Vennelaget for Jærmuseet - Vitengarden 15. årgang MILLIONSTØTTE TIL JÆRMUSEET På statsbudsjettet fekk Jærmuseet midler til magasin og restureing. Det vil mellom anna

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Ad hoc arbeidsgruppe i 2006. Arbeidet resulterte i 3 ulike forslag til ombygging av Storstoga. Det som vart vedtatt fekk førehandsgodkjenning som

Ad hoc arbeidsgruppe i 2006. Arbeidet resulterte i 3 ulike forslag til ombygging av Storstoga. Det som vart vedtatt fekk førehandsgodkjenning som Ad hoc arbeidsgruppe i 2006. Arbeidet resulterte i 3 ulike forslag til ombygging av Storstoga. Det som vart vedtatt fekk førehandsgodkjenning som kulturhus med regional status frå Aafk, og tilsegn om investeringstilskot.

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Av Eli Gunnvor Grønsdal Då Tehmina Mustafa kom til Noreg, som nyutdanna lege, fekk ho melding om å ta utdanninga på nytt. Ho nekta. I dag er ho professor i

Detaljer

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 12 2015

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 12 2015 Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 12 2015 Hugs samtaletimen! Torsdag, 19.oktober, skal vi på utedag. Det ser ut til at det vert betre vèr enn vi har hatt. Vi må byggje på hyttene våre!

Detaljer

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!! Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!! Side 1 Helsing frå Lyngmo Det er siste tysdag i august og strålande sol ute. Hafslovatnet

Detaljer

Månedsbrev april 2015

Månedsbrev april 2015 Månedsbrev april 2015 MARS 2015 Mars har gitt oss nokon solfylte og varme dagar, der me har fått kjenne på våren. Spørsmålet om å gå med jakke og sko kom ganske fort. Uteleiken fekk eit vårpreg over seg,

Detaljer

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit MØTEBOK Tidspunkt: Tysdag 28 mai kl 1800 Stad: Rauland Kraftforsyningslag Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit Andre til stades på møte: Sveinung

Detaljer

Brannsår, rus eller friheit?

Brannsår, rus eller friheit? Brannsår, rus eller friheit? Eg la hendene bak ryggen og kneip meg sjølv i armen. Eg hadde førebudd meg på dette. Førebudd meg for den vonde heksa. Ho sat der, i sofaen, rusa. Alt var gitt opp, og no var

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Ei av dei mange hengebruene

Ei av dei mange hengebruene For ei veke sidan landa eg på Gardermoen etter tre herlege veker i Himalaya og Nepal saman med folkehøgskuleklassa mi. Men det vil nok framleis ta ei lita stund før eg landar mentalt. Her kjem eit samandrag

Detaljer