Fylkesårsmøte mai 2015

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Fylkesårsmøte mai 2015"

Transkript

1 Sak 5.c: Løn som fortent «Vi skal basere lønnspolitikken vår på sentrale og kollektive avtalar og arbeide mot individuelle og lokale forhandlingar.» (Landsmøtet 2009) «Utdanningsforbundet skal motarbeide uønskte lønsskilnader og lønstillegg basert på resultat- og prestasjonsvurdering. Kriterium for lønsdanning skal understøtte profesjonsrolla og yrkeslang profesjonskvalifisering og medverke til kvalitet i barnehage og skule.» ( Landsmøtet 2012) Lærarprofesjonen treng gode løns- og arbeidsvilkår for å rekruttere og behalde arbeidskraft, slik at vi skaper eit utdanningssystem med høg kvalitet over heile landet. Det er difor viktig at vilkåra er likeverdige uansett kvar ein bur og arbeider. Lokale forhandlingar og lokal lønspolitikk Trass i at vi som organisasjon er mot lokale forhandlingar, er nesten alle våre medlemmar i prinsippet omfatta av dette fenomenet (sjå faktaark på side 4). Vi vil likevel hevde at 4.A.1-forhandlingane på KS-området er dei lokale forhandlingane som får mest merksemd og mest kritikk, og desse skil seg og frå dei andre forhandlingane som vert gjennomførte lokalt. For det første er det sentralt bestemt kor stor del av lønsmidlane (pott) som skal avsettast til forhandlingane lokalt. I tillegg vil partane sentralt ofte ha med føringar på kva prioriteringar dei lokale partane skal ha i desse forhandlingane. Sist, men ikkje minst kan arbeidsgjevar sine prioriteringar i desse forhandlingane opplevast som ei vurdering eller endåtil rangering av dei tilsette og arbeidet dei utfører. Å ikkje verte prioritert kan tolkast som at ein ikkje er verdt noko, at ein ikkje fortener meir løn. I Hovudtariffavtalen er det ein føresetnad at kommunane har utarbeidd ein lokal lønspolitikk, som er kjend for dei tilsette, slik at dei kan innrette seg etter denne. Den lokale lønspolitikken skal reviderast med jamne mellomrom, dette er arbeidsgjevar sitt ansvar (jf. HTA). Vidare seier avtalen at både lønspolitikken og kriteria for lokale lønstillegg skal utformast etter drøftingar med arbeidstakarorganisasjonane. Nokre av våre lokale tillitsvalde fortel likevel om kommunar som manglar ein lokal lønspolitikk, at arbeidsgjevar ynskjer å bruke kriterium for lønstillegg som medlemmane ikkje kan akseptere, og/eller at einskilde grupper av tilsette vert systematisk nedprioriterte. Men vi har og kommunar der dei tilsette er nøgde med både den lokale lønspolitikken og måten 4.A.1-forhandlingane vert gjennomførte på. I desse kommunane får ein t.d. lønstillegg for vidareutdanning som ikkje gir utteljing i sentrale forhandlingar, eller ein har forlenga ansiennitetsstigen til 16 år for barnehagelærarar. Mange av problemstillingane rundt desse forhandlingane kan knytast til kriteria som vert brukte, om desse er subjektive eller objektive. Der ein bruker objektive kriterium, er fleire arbeidstakarar nøgde med lokale forhandlingar. Uansett kva kriterium som vert brukte, fører likevel alle til auka lønsskilnader både i og mellom kommunar. Statistikk frå kommunane i Sogn og Fjordane syner at ein stor del av dei lokale lønsmidlane som går til våre medlemmar, er knytte til ulike funksjonar/sikringar (t.d. kontaktlærar, fagleiar, samlingsstyrar, pedagogisk leiar). I praksis betyr det at nokre av medlemmane våre er utelukka frå lokal lønsauke, fordi dei av ulike årsaker ikkje er aktuelle for slike funksjonar eller ikkje er tilsette som pedagogiske leiarar. At det er arbeidsgjevar som avgjer kven som skal ha dei ulike funksjonane, kan og vere problematisk somme stader. Ved dei siste forhandlingane har vi sett ein aukande tendens til at det vert gitt flate tillegg til alle eller grupper av medlemmar. Kan dette tyde på at ein er i ferd med å sleppe opp for kriterium som begge partar kan akseptere? Uansett ser vi at lærarane i grunnskulen får lite utteljing i dei lokale forhandlingane, både i eige fylke og i resten av landet. I fylkeskommunen er situasjonen litt annleis, her har det vist seg lettare for oss å få gjennomslag i dei lokale forhandlingane, og utteljinga til våre 54

2 medlemer som gruppe har vore god. Utfordringa her er at ein har møtt ynskje om å bruke innsats og resultat som kriterium for 4.A.1- forhandlingane, utan at partane har hatt ei sams oppfatning av kva som ligg i dette. I tillegg har vi individuelle tillegg med eit preg av «belønning». Det kan sjå ut som at lønsskilnader er eit mål i seg sjølv. Utvikling av lønsrelasjonar og lønsnivå Ser vi på dei siste sentrale lønsoppgjera, finn vi at lærarane i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring stadig vert hengande etter andre grupper med tilsvarande utdanningsnivå. Dette gjeld særleg dei som har 3- eller 4-årig utdanning og lang ansiennitet. Lønsrelasjonen mellom barnehagelærar og fagarbeidar med 10 års ansiennitet er no slik at barnehagelæraren ikkje går forbi fagarbeidaren i løn før ved 8 års ansiennitet. Sidan barnehagelærarane er plasserte i kapittel 4B, får dei heller ikkje automatisk lønstillegg for utdanning ut over 3-årig høgskuleutdanning. For universitets- og høgskulesektoren er lønsnivået endå lågare enn i barnehage og skule, noko som fører til at det er vanskeleg for lærarutdanningane å rekruttere lærarar frå praksisfeltet. Utdanningsforbundet må difor framleis arbeide for høgare løn til alle lærarar, uansett kvar i utdanningssystemet ein arbeider. Konsekvensar av lokal lønsdanning Vi meiner at lokal lønsdanning utfordrar likskapen i løns- og arbeidsvilkår rundt om i landet. Dette kan påverke både arbeidsmiljøet, den profesjonelle fellesskapen og rekrutteringa, noko som i neste omgang får konsekvensar for kvaliteten på utdanninga til barn, elevar og studentar. Til dømes kan det vere utfordrande å etablere og halde oppe ein kultur for kunnskaps- og kompetansedeling dersom arbeidsgjevar differensierer løn etter innsats eller prestasjonar. Forsking seier og at kunnskapsarbeidarar ikkje let seg motivere av prestasjonsløn, men at dei derimot er opptekne av å vere rettferdig behandla 4. Dersom lokale forhandlingar fører til lønsskilnader som ikkje er forstått og akseptert av lærarane sjølve, vil desse såleis gjere meir skade enn gagn. På den andre sida har vi medlemmar som er heilt avhengige av lokale forhandlingar for å få ei god lønsutvikling. Dette gjeld først og fremst dei som er plasserte i lønskapittel der all løn vert avgjort lokalt, men og m.a. barnehagelærarar, skule- og barnehageleiarar i kommunane, PPT-tilsette og andre rådgjevarar som er omfatta av 4.A.1-forhandlingane. Utfordringar framover Frå 1. mai 2015 er partane samde om eit nytt lønssystem på KS-området. Med det nye lønssystemet vil ein forhandle om garantiløn (0 års ansiennitet) og lønstillegg etter ansiennitet, i staden for minsteløn på ulike ansiennitetstrinn. Føremålet med det nye systemet er nettopp å ta betre i vare lokale lønsrelasjonar. I praksis vil det seie at dei lokale tillegga vert viktigare enn før, fordi dei ikkje lenger forsvinn ved sentral justering av minstelønssatsane. Kommunereforma vil på si side mest truleg føre til samanslåing av kommunar. Dette vil krevje harmonisering av politikken dei ulike kommunane tidlegare har hatt, noko som vil ta tid. Til dømes vil vi i mange tilfelle få skular og barnehagar med ulik storleik på tillegg til kontaktlærar/pedagogisk leiar. Korleis skal vi handtere at dei pedagogiske leiarane i barnehage A har 6000 kr meir årleg enn kollegaene deira i barnehage B? Den tredje utfordringa vi vil få i nær framtid er knytt til kompetansekrav og karrierevegar i skulen. Krav til kompetanse for å undervise i ulike fag vil føre til at vi får endå fleire lærarar med kompetanse som ikkje gjev opprykk i det sentrale lønssystemet. Denne kompetansehevinga kan kanskje vere ein del av det regjeringa kallar karrierevegar i skulen, men like sannsynleg er det nok at

3 «karrierestillingane» vil få ei anna utforming. Å sikre at våre medlemmar får utteljing for kompetanseheving blir uansett ei viktig utfordring, som mest truleg må løysast lokalt. Det same vil nok og gjelde for ulike former for ansvar eller oppgåver som følgjer med dei nye stillingstypane. Særleg innanfor nokre yrkesfag kan det vere vanskeleg å rekruttere lærarar, fordi skulen sitt lønsnivå ligg til dels langt under det desse lærarane kan tene i praksisfeltet (t.d. som skipper, elektrikar e.l.). Truleg er det meir vanleg å forhandle om løn ved tilsetjing her enn i resten av KSområdet, men dette er uansett ei utfordring som må handterast lokalt. Til diskusjon: Kva er rettferdig løn? Innanfor rammene av landsmøtevedtaka som innleier denne saka, ynskjer vi at fylkesårsmøtet skal diskutere nokre av utfordringane rundt lokal lønsdanning, og gje innspel til fylkesstyret sitt vidare arbeid på dette feltet. Nokre arbeidsgjevarar ynskjer å gje lønstillegg til arbeidstakarar som «gjer ein ekstra innsats». Samstundes ser vi ei aukande merksemd rundt skulen eller barnehagen som lærande organisasjon, og ein satsar på felles kompetanseutvikling og auka samarbeid. Dersom ein har store individuelle lønsskilnader i kollegiet, er det lett å tenkje seg at dette kan verte utfordrande for miljøet både fagleg og sosialt. Det er difor viktig at lønspolitikken har legitimitet blant dei tilsette, slik at dei lokale lønstillegga blir godtekne. Kor store lønsforskjellar kan ein akseptere, og kva skjer med lønsforskjellane over tid? For oss kan det vere ein strategi å leggje objektive kriterium på dei «flinke», t.d. at ein tek ekstra ansvar/initiativ, deler kunnskap osb. Disiplinering, rollemodellar og belønning kan likevel vere ein utfordrande bakgrunn for at arbeidsgjevar ynskjer å bruke det vi oppfattar som subjektive kriterium i forhandlingane. Korleis kan vi arbeide for ein objektiv tilnærmingsmåte til lokale forhandlingar? Å opprette funksjonar er ein måte å fordele ulike arbeidsoppgåver, og å gje løn for å gjere desse oppgåvene. Nokre lærarar ynskjer ikkje å ha funksjonar, andre får aldri tilbod om det. Kva er verdien av ulikt ansvar og ulike funksjonar? Vi har utfordringar som vi ikkje får løyst ved sentrale forhandlingar. Dette gjeld m.a. dei som er avhengige av lokale forhandlingar for å få ei god lønsutvikling (t.d. barnehagelærarar) og dei som er vanskelege å rekruttere pga lågt lønsnivå (t.d. yrkesfaglærarar, U/H-sektoren). Korleis skal vi handtere desse utfordringane? Leiarane får anten all løn, eller store deler av løna si avgjort lokalt. Kva er rimeleg lønsforskjell mellom leiar og den han/ho skal leie? Er det slik at vi aksepterer lokale forhandlingar, berre ikkje 4.A.1 på KS -området? 56

4 Framlegg til vedtak: 1. Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane krev at mest mogleg av lønsdanninga for våre medlemmar skal skje i sentrale forhandlingar. Krava til lokal lønspolitikk og prosessar knytt til lokale forhandlingar må skjerpast, og dei sentrale partane må ta eit større ansvar for at Hovudtariffavtalen vert følgt lokalt. Potten som vert avsett til lokale forhandlingar må vere så liten som råd. 2. Fylkeslaget skal støtte dei lokale tillitsvalde i førebuing og gjennomføring av lokale forhandlingar på alle tariffområde. Våre tillitsvalde skal bidra til at forhandlingane går føre seg på ein ryddig måte, og etter prinsipp som er legitime for våre medlemmar. 3. Innspela frå diskusjonane på fylkesårsmøtet vert tekne med i fylkeslaget sitt vidare arbeid. Vedtak: 57

5 Fakta om dei ulike tariffområda I prinsippet er nesten alle våre medlemmar omfatta av lokale forhandlingar i ei eller anna form. Ein kan og forhandle om løn ved tilsetjing/inngåing av arbeidsavtale. Dette gjeld alle stillingar på alle tariffområde. KS (kommunar og fylkeskommunar): Hovudtyngda av medlemmane Stort sett lærarar eller leiarar i skule eller barnehage, i kommuneadministrasjon, PPT eller andre deler av støtteapparatet To ulike forhandlingsordningar for løn: o Kapittel 3 (styrar, rektor) og kapittel 5 i Hovudtariffavtalen (t.d. spesialpedagogar, logopedar) får all løn forhandla lokalt, utan «pott» o Kapittel 4B (barnehagelærarar og -leiarar) og 4C (lærarar og leiarar i skulen) har sentrale forhandlingar der det og vert avsett ein viss sum til fordeling lokalt («pott») o Kommunar og fylkeskommunar kan sjølve avgjere om leiarar skal vere i kapittel 3 eller 4 Kan krevje særskilde (lokale) forhandlingar for medlemmar i kapittel 4B og C dersom det er skjedd store endringar i organisering eller bemanning eller i arbeids- og ansvarsområde (4.A.2), for å behalde og rekruttere arbeidstakarar (4.A.3) eller når ein har gjennomført relevant etter- og vidareutdanning (4.A.4) Private barnehagers landsforbund (PBL) og FUS: Private barnehageområde Barnehagelærarar og styrarar I utgangspunktet berre sentrale lønsforhandlingar, men nokre PBL-barnehagar i vårt fylke har og lokale forhandlingar Barnehagelærarane sin ansiennitetsstige går til 16 år, mot 10 år på dei andre områda Staten: Medlemmar først og fremst i høgare utdanning, fylkesmannsembeta og NAV Sentralt lønsoppgjer der deler av ramma skal forhandlast om lokalt o Etter Hovudtariffavtalen skal det haldast lokale forhandlingar kvart år, viss dette anten er bestemt i det sentrale oppgjeret eller arbeidsgjevar set av midlar lokalt Ope for lokale forhandlingar i samband med endring i grunnlaget for lønsnivået i ei stilling, effektiviseringstiltak eller omorganiseringar Kan og krevje særskilde forhandlingar dersom det er vanskeleg å rekruttere til ei stilling, eller der nokon har gjort ein ekstraordinær innsats Langt større bruk av lønsforhandling ved tilsetjing enn på t.d. KS-området Spekter Stort sett spesialpedagogar, pedagogspesialistar (helseforetak) Sentrale og lokale forhandlingar utan ramme. Lokale forhandlingar må godkjennast sentralt Virke, KA (Kirkelig arbeidsgiverorganisasjon): Lærarar i private skular og barnehagar Sentrale og lokale forhandlingar, følgjer ofte KS sine oppgjer 58

Tariff Lokale forhandlinger Prosess. Aina Skjefstad Andersen

Tariff Lokale forhandlinger Prosess. Aina Skjefstad Andersen Tariff 2014 Lokale forhandlinger Prosess Aina Skjefstad Andersen Mål for økten: Tydeliggjøre vår lønnspolitikk gjennom å presentere årsmøte- og landsmøtevedtak Redegjøre vår strategi når det gjelder lokale

Detaljer

Vedteke i kommunestyret som sak 74/16.

Vedteke i kommunestyret som sak 74/16. Vedteke i kommunestyret 18.10.16 som sak 74/16. 1. Innleiing... 3 2. Målsetjing... 3 3. Rammevilkår... 3 4. Organisering av forhandlingsansvaret... 4 5. Kompetanse... 4 6. Kriterie for lønsvurdering ved

Detaljer

Lønspolitisk plan. Suldal kommune. Vedteke i kommunestyret Rullert i partsamansett utval

Lønspolitisk plan. Suldal kommune. Vedteke i kommunestyret Rullert i partsamansett utval Lønspolitisk plan Suldal kommune Vedteke i kommunestyret 08.05.12 Rullert i partsamansett utval 26.09.14 1. Innleiing Hovudtariffavtalen (HTA) føreset ein lokal lønspolitikk som skal vera kjent for alle

Detaljer

ØRSTA KOMMUNE Personalstaben

ØRSTA KOMMUNE Personalstaben ØRSTA KOMMUNE Personalstaben Formannsskapet Saksnr Løpenr. Saksansvarleg Arkiv Dato 2014/1799 10326/2014 HOFSET 520 14.08.2014 LØNSPOLITIKK FOR ØRSTA KOMMUNE- TIL FORMANNSKAPET Ørsta kommune har i samsvar

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti

MØTEPROTOKOLL. Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti MØTEPROTOKOLL Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 07.03.2017 Tid: kl.09:00-11:30 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista vart gjort tilgjengeleg

Detaljer

Tariffavtale del B. mellom. Norsk Sjukepleiarforbund og Helse Bergen HF

Tariffavtale del B. mellom. Norsk Sjukepleiarforbund og Helse Bergen HF Tariffavtale del B mellom Norsk Sjukepleiarforbund og Helse Bergen HF 01.05.16 til 30.04.18 Vedteken i avsluttande sentrale forhandlingar 15. juni 2016 Arvid Lo^ceic^d XS'C Nils agne Sæle Arvid La rfg(

Detaljer

Lønspolitisk plan for Radøy kommune Revidert 1/5 2014

Lønspolitisk plan for Radøy kommune Revidert 1/5 2014 Radøy kommune Personalsjef 2014 Lønspolitisk plan for Radøy kommune Revidert 1/5 2014 Kjetil Morken Post Kontakt www.radoy.kommune.no postmotak@radoy.kommune.no Telefon +47 56 34 90 00 Konto 3636 07 00776

Detaljer

Lønnsundersøkinga for 2014

Lønnsundersøkinga for 2014 Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Odd Arne Folkestad Medlem FRP Sirikit Vågen Medlem Utdanningsforbundet

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Odd Arne Folkestad Medlem FRP Sirikit Vågen Medlem Utdanningsforbundet VOLDA KOMMUNE Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Voldsfjorden, Volda rådhus Dato: 12.01.2016 Tid: 14:00-15:20 MØTEPROTOKOLL Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Jørgen Amdam Leiar

Detaljer

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane 2012 2015 Fagopplæringsnemnda er fagopplæringa sitt utøvande faglege organ i fylket. Paragrafane 12-3 og 12-4 i opplæringslova omhandlar kva

Detaljer

Hovudtariffavtalen. Kurs for nye tillitsvalde Ulvik

Hovudtariffavtalen. Kurs for nye tillitsvalde Ulvik Hovudtariffavtalen Kurs for nye tillitsvalde Ulvik 22.09.09 Lov- og avtalesystemet Stortinget Lover Partar Tariffavtalar Hovudavtalen Del A Del B Forhandlingsordningar Medråderett, rettar og plikter m.m.

Detaljer

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule Dei tre skulane våre i kommunen har stor betyding for nærmiljøet i bygdene våre.

Detaljer

Saker lagt fram av fylkesstyret

Saker lagt fram av fylkesstyret Sak 5: Sak 5.a: Saker lagt fram av fylkesstyret Kvalitet i barnehage og skule Vi er kompromissløse forsvarere av kvalitet i hele utdanningssystemet. Vi skal sørge for at utdanning av barn, unge og voksne

Detaljer

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE. 2004 2007, vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, 15.01.04. for

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE. 2004 2007, vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, 15.01.04. for Gol kommune Arkivkode Vår ref. Dykkar ref. Dato 400 04/00137-001 - AKV 16.01.04 ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM for GOL KOMMUNE 2000 2003, vedteke i Kommunestyret, sak 0051/00, 24.10.00 2004 2007, vedteke

Detaljer

Overeinskomst HELSE FØRDE HF NORSK SYKEPLEIERFORBUND. Del B : /7. (rvm '/ Affa-

Overeinskomst HELSE FØRDE HF NORSK SYKEPLEIERFORBUND. Del B : /7. (rvm '/ Affa- 1 Overeinskomst Del B Overeinskomst - del B av 2014-2016 Protokolldato: 27.06.14. Utløp: 30. april 2016 HELSE FØRDE HF på den eine sida og NORSK SYKEPLEIERFORBUND på den andre side gjeldande for perioden;

Detaljer

SELJORD KOMMUNE LØNSPOLITISKE RETNINGSLINER. Revidert 2013/14

SELJORD KOMMUNE LØNSPOLITISKE RETNINGSLINER. Revidert 2013/14 SELJORD KOMMUNE LØNSPOLITISKE RETNINGSLINER Revidert 2013/14 1. Innleiing 1.1 Lønspolitiske retningsliner Dette dokumentet er ei retningsline for lønspolitikk for Seljord kommune, det er ikkje ei avtale.

Detaljer

Lønspolitisk plan

Lønspolitisk plan Lønspolitisk plan 2016-2018 Selje kommune Vedteke i administrasjonsutvalet 07.10.15 sak 006/15 Revidert i kommunestyret 15.09.16 sak 057/16 Revidert i kommunestyret 22.06.17 sak 046/17 Innhald: 1. INNLEIING

Detaljer

2 av 11 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 011/12 12/685 Faste saker 012/12 12/628 Lønstillegg til uorganisert

2 av 11 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 011/12 12/685 Faste saker 012/12 12/628 Lønstillegg til uorganisert SAMNANGER KOMMUNE 1 av 11 MØTEINNKALLING Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: 28.11.2012 Møtetid: 14:30 - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet eller

Detaljer

Lønspolitisk plan

Lønspolitisk plan Lønspolitisk plan 2016 2018 Masfjorden kommune Godkjent i formannskapet den 19.09.2016, sak 085/2016. ArkivsakID:14/ 938. FORORD Masfjorden kommune vedtok lønspolitisk plan for 2014 til 2016 den 20 oktober

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0013/03 03/00171 POLITISK KVARTER PERSONAL-OG LØNSUTVALET 04.06.2003

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0013/03 03/00171 POLITISK KVARTER PERSONAL-OG LØNSUTVALET 04.06.2003 OS KOMMUNE Os kommune MØTEINNKALLING Utval: PERSONAL- OG LØNSUTVALET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 04.06.2003 Tid: 17.00 SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0013/03 03/00171 POLITISK KVARTER

Detaljer

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15. Sykkylven kommune Saksframlegg Dato: Arkivref: 23.07.2015 2013/865-8136/2015 Saksbeh.: Steinar Nordmo Saksnr Utval Møtedato Levekårsutvalet 20.08.2015 Kommunestyret Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Alf M. Høyrem Arkiv: 404 Arkivsaksnr.: 08/930 STILLINGSSTRUKTUR FOR BALESTRAND KOMMUNE - RULLERING 2008

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Alf M. Høyrem Arkiv: 404 Arkivsaksnr.: 08/930 STILLINGSSTRUKTUR FOR BALESTRAND KOMMUNE - RULLERING 2008 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Alf M. Høyrem Arkiv: 404 Arkivsaksnr.: 08/930 STILLINGSSTRUKTUR FOR BALESTRAND KOMMUNE - RULLERING 2008 Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: Framlegg til ny stillingsstruktur Rapport

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ADMINISTRASJONSUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 08.10.2012 Tid: 09.00

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ADMINISTRASJONSUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 08.10.2012 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Utval: ADMINISTRASJONSUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 08.10.2012 Tid: 09.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 5/12 12/733 LØNSPOLITISK

Detaljer

Hovudtariffavtalen. Modul 2 Kurs i avtaleforståing Tariffområde PBL Grunnskulering for nye tillitsvalde

Hovudtariffavtalen. Modul 2 Kurs i avtaleforståing Tariffområde PBL Grunnskulering for nye tillitsvalde Hovudtariffavtalen Modul 2 Kurs i avtaleforståing Tariffområde PBL Grunnskulering for nye tillitsvalde Hovudtariffavtalen (HTA) HTA inneheld følgjande kapittel: 1. Fellesbestemmingar 2. Pensjonsforhald

Detaljer

Lønspolitisk plan. Masfjorden kommune. Vedteken av formannskapet 23. oktober 2012

Lønspolitisk plan. Masfjorden kommune. Vedteken av formannskapet 23. oktober 2012 Lønspolitisk handlingsplan for Masfjorden kommune 2012-2014 side 1 av 9 Lønspolitisk plan 2012 2014 Masfjorden kommune Vedteken av formannskapet 23. oktober 2012 Lønspolitisk handlingsplan for Masfjorden

Detaljer

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde Eit oppdrag for heile organisasjonen Innhald Det er viktig å rekruttere ATV-ar 3 Arbeidsoppgåver på alle nivå 4 5 Konkrete tips i arbeidet 5 6 10 gode grunnar til

Detaljer

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING» NASJONAL SATSING STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING» Innføring av valfag Auka fleksibilitet Varierte arbeidsmåtar Eit meir praktisk og relevant ungdomstrinn beherske grunnleggande

Detaljer

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Vurdering på barnesteget. No gjeld det Vurdering på barnesteget No gjeld det 2 No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Denne brosjyren gjev

Detaljer

Hovudavtalen Modul Djupare inn i avtaleverket

Hovudavtalen Modul Djupare inn i avtaleverket Hovudavtalen Modul 2 2015 Djupare inn i avtaleverket Innhald Internasjonal forankring i partsforholdet Kva er ein hovudavtale? Kvifor har me ein Hovudavtale? Hovudavtalen sitt innhald/oppbygging Forord

Detaljer

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting Side 1 av 5 Næringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Kristin Arnestad E-post: kristin.arnestad@sfj.no Tlf: 57 65 62 45 Vår ref. Sak nr.: 11/5776-2 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 34646/11

Detaljer

Elev- og lærlingombod i HFK

Elev- og lærlingombod i HFK OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/22610-3 Saksbehandlar: Laila Christin Kleppe Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Y-nemnda 25.05.16 Utval for opplæring og helse 02.06.16 Fylkesutvalet 23.06.16

Detaljer

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 460 Arkivsaksnr.: 2012/1565 Saksbehandlar: Karin Pedersen Dato: 25.10.2013 Permisjon ved langtidsfråver Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet Administrasjonssjefen

Detaljer

«Tid til faglighet» Loen oktober Anita Holm Cirotzki og Marion Svarstad

«Tid til faglighet» Loen oktober Anita Holm Cirotzki og Marion Svarstad «Tid til faglighet» Loen oktober 2015 - Anita Holm Cirotzki og Marion Svarstad Formålet med spørreundersøkinga: Kartlegge og sette søkelys på korleis avtala fungerer når det gjeld å utføre eit profesjonelt

Detaljer

Hovudtariffavtalen med vekt på lønns- og forhandlingssystemet

Hovudtariffavtalen med vekt på lønns- og forhandlingssystemet Hovudtariffavtalen med vekt på lønns- og forhandlingssystemet Mål for økta: Du skal få ei første oversikt over hovudtariffavtalen. Du skal kjenne eit par av detaljane. Du skal få ei oversikt over lønnskapitla.

Detaljer

«Mestringsforventningar»

«Mestringsforventningar» Presentasjon av korleis lærararar og leiar på Førde barneskule har opplevd gjennomføringa av forskingsprosjektet: «Mestringsforventningar» Therese Helland- rektor Førde barneskule Mestringsforventningar

Detaljer

Omstillingsavtale. for tilsette i kommunane Førde, Naustdal, Gaular og Jølster ny kommune i Sunnfjord

Omstillingsavtale. for tilsette i kommunane Førde, Naustdal, Gaular og Jølster ny kommune i Sunnfjord Omstillingsavtale for tilsette i kommunane Førde, Naustdal, Gaular og Jølster ny kommune i Sunnfjord 1 1. Om avtalen 1.1. Definisjon av omstillingsavtale Omstillingsavtalen gir føringar for korleis omstillinga

Detaljer

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: 26.02.2015 Fra: Britt Vikane Referanse: 15/00632-2 Kopi:

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: 26.02.2015 Fra: Britt Vikane Referanse: 15/00632-2 Kopi: Gol kommune Internt notat Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: 26.02.2015 Fra: Britt Vikane Referanse: 15/00632-2 Kopi: Årsmelding - Gol ungdomsskule Årsmelding Gol ungdomsskuleskule 2014 (Kultur

Detaljer

Omstillingsavtale for tilsette i Eid og Selje kommune

Omstillingsavtale for tilsette i Eid og Selje kommune Omstillingsavtale for tilsette i Eid og Selje kommune «Avtalen har som føremål å sikre ein føreseieleg omstillingsprosess for kommunane sine tilsette. Prosessen skal kjenneteiknast av god medverknad frå

Detaljer

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset 3. etasje Dato: Tid: Kl. 09:00-10:45

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset 3. etasje Dato: Tid: Kl. 09:00-10:45 Møtebok Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset 3. etasje Dato: 15.06.2017 Tid: Kl. 09:00-10:45 Følgjande medlem møtte Håvar Fagerli Sissel Solheim Turid Hopland Geir Årvik Stein Robert Osdal

Detaljer

Lønn ved tilsetting. Eit hefte om søkar sin situasjon når lønn skal avtalast.

Lønn ved tilsetting. Eit hefte om søkar sin situasjon når lønn skal avtalast. Lønn ved tilsetting Eit hefte om søkar sin situasjon når lønn skal avtalast. Innhaldsliste LØNN VED TILSETTING 3 Generelt om lønn ved tilsetting 3 For søkarar Lønnskrav ved tilsetting 3 Kva seiar tariffavtalen?

Detaljer

2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen Kommunesamanslåinga inneber verksemdoverdraging, og arbeidsmiljølova kap. 16 gjeld.

2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen Kommunesamanslåinga inneber verksemdoverdraging, og arbeidsmiljølova kap. 16 gjeld. Innhald 1. Omstillingsavtale... 2 1.1 Partane i avtalen... 2 1.2 Bakgrunn... 2 1.3 Einingar som vert overført samla til Alver kommune.... 2 2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen... 2 2.1

Detaljer

PLAN FOR KOMPETANSE- UTVIKLING

PLAN FOR KOMPETANSE- UTVIKLING PLAN FOR KOMPETANSE- UTVIKLING 2012-2015 VED SKULANE I NORDDAL KOMMUNE Kompetanse for kvalitet Strategi for etter- og vidareutdanning i grunnskulen i Norddal kommune 2012-2015 Kompetanse for betre resultat

Detaljer

2 av 9 kartleggja arbeidsmiljøet for tilsette i alle einingar i kommunen. Ramsli bad om at dei tillitsvalde prøver å oppmoda tilsette til å svara på u

2 av 9 kartleggja arbeidsmiljøet for tilsette i alle einingar i kommunen. Ramsli bad om at dei tillitsvalde prøver å oppmoda tilsette til å svara på u SAMNANGER KOMMUNE 1 av 9 MØTEPROTOKOLL Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: 10.09.2014 Møtetid: 13:00-15:35 Møtestad: Kommunehuset Av 10 medlemmer møtte 10, inkludert varamedlemmer. Desse medlemene

Detaljer

Vedteke i kommunestyret , sak 06/106

Vedteke i kommunestyret , sak 06/106 Vedteke i kommunestyret 21.09.06, sak 06/106 Side 2 av 2 INNHALDSOVERSIKT INNLEIING...3 1.1. KVA ER LØNSPOLITISK PLAN...3 1.2 MÅL FOR LØNSPOLITIKKEN I ÅMLI KOMMUNE...3 1.3 KVEN PLANEN GJELD...3 1.4 LOKAL

Detaljer

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret 19. juni 2014 Postadr.: Telefon: Telefaks: Bankgiro: Organisasjonsnr.: 5981 MASFJORDNES 56 16 62 00 56 16 62 01 3201 48 54958 945627913 E-post:post@masfjorden.kommune.no

Detaljer

Eit lærande utdanningssystem?

Eit lærande utdanningssystem? 07.Mai 2015 Øyvind Glosvik: Eit lærande utdanningssystem? 1 http://www.utdanningsnytt.no/magasin/2015/mysteriet-i-vestsogn-og-fjordane-er-fylket-som-forundrar-forskarane/ Mitt prosjekt: Kva er «annleis»

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret Aurland kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda 06.09.2012 112/12 Kommunestyret 06.09.2012 Saksansvarleg: Jan Olav Møller Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 12/771-3 K1-120,

Detaljer

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009 1 Føremål med reglane, kven reglane gjeld for Heradet har som overordna mål, innan gitte økonomiske rammer, å leggja tilhøva til rette for god kompetanseutvikling i heile heradsorganisasjonen, slik at

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding: Saksframlegg Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1 Retningslinjer for uønska deltid * Tilråding: Administrasjonsutvalet vedtek retningslinjer for å handsame uønska deltid, dagsett.11.02.2010.

Detaljer

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret Postadr.: Telefon: Telefaks: Bankgiro: Organisasjonsnr.: 5981 MASFJORDNES 56 16 62 00 56 16 62 01 3201 48 54958 945627913 E-post:post@masfjorden.kommune.no

Detaljer

Kommunen sin lønspolitikk må vere konkurransedyktig, og ta omsyn til den arbeidsmarknaden og dei behov kommunen til ei kvar tid har.

Kommunen sin lønspolitikk må vere konkurransedyktig, og ta omsyn til den arbeidsmarknaden og dei behov kommunen til ei kvar tid har. FOROD Masfjorden kommune vedtok lønspolitisk plan for 2012-2014 den 23 oktober 2012. I denne to-årsperioden har me gjennomført: Lokale forhandlingar i 2012 og 2013, der struktur og prioriteringar i lønspolitisk

Detaljer

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova Vedtaksdato: 27.01.2016 Ref. nr.: 15/43233 Saksbehandlar: Helene Nødset Lang VEDTAK NR 07/16 I TVISTELØYSINGSNEMNDA Tvisteløysingsnemnda heldt møte torsdag 21.

Detaljer

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20 Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane Skuleåret 2019/20 Forord Fagfornyinga eit viktig lagarbeid Mål og strategi i det pedagogiske styringsdokumentet 2016-2018

Detaljer

Kommunedelplan for oppvekst

Kommunedelplan for oppvekst Bø kommune Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 1 Innhald Innleiing... 3 Frå plan til handling... 3 Visjon for Bø kommune... 4 Målsetting... 4 Strategiar... 4 2 Innleiing Som ein kommune i vekst står

Detaljer

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0 Samandrag Norconsult har på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune vurdert dagens modell for organisering av vidaregåande opplæring, og utarbeida framlegg av tre anbefalte modellar for framtidig organisering.

Detaljer

Lønspolitisk plan

Lønspolitisk plan Lønspolitisk plan 2018-2020 Masfjorden kommune Godkjent i formannskapet den 11.06.18, sak 048/2018 ArkivsakID:14/ 938. FORORD Masfjorden kommune vedtok lønspolitisk plan for 2016 til 2018 den 19 september

Detaljer

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring No gjeld det No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande

Detaljer

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring

Detaljer

Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde

Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde Sogn og Fjordane Prosjektleiarane Sissel Espe og Inger Marie Evjestad Frå Ny GIV til Gnist Auka gjennomføring i vidaregåande opplæring Prosjektkoordinator Ny GIV Sissel Espe

Detaljer

Selje kommune. Innkalling. Sakliste. Møteleiar: Jan Vidar Smenes

Selje kommune. Innkalling. Sakliste. Møteleiar: Jan Vidar Smenes Innkalling Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset 3. etasje Dato: 15.06.2017 Tid: Kl. 09:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå snarast råd til tlf.

Detaljer

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen Høyring skulebruksplan 2013-2024 Fylkesrådmannen «Skulebruksplanen skal vise korleis Sogn og Fjordane fylkeskommune, innanfor framtidige økonomiske rammer, kan organisere ei vidaregåande opplæring med

Detaljer

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke i kommunestyret 19 juni 2014 FORORD Hovudoppdraget for alle som arbeider i Masfjorden kommune er å yte kommunale tenester av beste kvalitet. Den einskilde sin

Detaljer

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal Plan for arbeid med kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2010-2014 Kompetanse og kvalitet høyrer framtida til. Som aktiv medspelar satsar Møre og Romsdal fylke på framtida, for det er der

Detaljer

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld: MASFJORDEN KOMMUNE Rådmannen Rådgjevarar Kunnskapsdepartementet Dato: 22.12.2009 Vår ref. 09/776-3/N-210/AMS Dykkar ref. Høyringsfråsegn frå Masfjorden kommune Viser til vedlagt utskrift av vedtak KS-084/09

Detaljer

FORSVARSBYGG LIKESTILLING. VI BYGGJER FORSVARSEVNE KVAR DAG RAPPORT FOR

FORSVARSBYGG LIKESTILLING.   VI BYGGJER FORSVARSEVNE KVAR DAG RAPPORT FOR FORSVARSBYGG RAPPORT FOR LIKESTILLING 20 VI BYGGJER FORSVARSEVNE KVAR DAG 17 www.forsvarsbygg.no Målet vårt er at arbeidsmiljøet i Forsvarsbygg skal pregast av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling.

Detaljer

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring 2014 2017 www.sfj.no 1. Innleiing. Hovudutval for opplæring vedtok i sak 38/09 Utviklingsplan pedagogisk-psykologisk teneste

Detaljer

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson. www.utdanningsforbundet.no

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson. www.utdanningsforbundet.no Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson www.utdanningsforbundet.no Rådgjevaren ein nøkkelperson Ei god rådgjevarteneste i skulen medverkar til at elevane får: betre sjansar til å

Detaljer

Lærdal kommune. Lokal lønspolitikk

Lærdal kommune. Lokal lønspolitikk Lærdal kommune Lokal lønspolitikk Vedteken i Kommunestyret 11.11.2010 Revisjon: Vedteken i Administrasjonsutvalet 14.08.2012 Revisjon: Vedteken i Kommunestyret 12.02.2015 Innhaldsliste Innleiing... 3 1

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197 Sogn og Fjordane revisjon IKS - endring av selskapsavtalen. Rådmannen si tilråding: Kommunestyre vedtek endring av 4 i selskapsavtalen

Detaljer

SENIORPOLITISK PLAN MAI 2016

SENIORPOLITISK PLAN MAI 2016 SENIORPOLITISK PLAN 2016-2019 MAI 2016 1. Innleiing og mål Lindås kommune ønskjer å stå fram som ein god og attraktiv arbeidsplass for alle tilsette. Det er viktig å ha god kompetanse i alle ledd i organisasjonen,

Detaljer

Skodje kommune. `9-e2s-sj. Valle skule og barnehage 1S-1 12,13-7. Uttale i hove budsjett 2014 og økonomiplan

Skodje kommune. `9-e2s-sj. Valle skule og barnehage 1S-1 12,13-7. Uttale i hove budsjett 2014 og økonomiplan Skodje kommune `9-e2s-sj i Valle skule og barnehage 1S-1 12,13-7 Dykkar ref: Vår ret.: J.nr. I. Dato. Ark.nr.: 06.12.13 Uttale i hove budsjett 2014 og økonomiplan 2014-2017 Samarbeidsutvalet ved Valle

Detaljer

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: Møtetid: 13:00 14:30 Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: Møtetid: 13:00 14:30 Møtestad: Kommunehuset SAMNANGER KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: 03.12.2014 Møtetid: 13:00 14:30 Møtestad: Kommunehuset Av 10 medlemmer møtte 10, inkludert varamedlemmer. Desse medlemene møtte ikkje:

Detaljer

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. Formål Retningslinjene skal sikre at dei tilsette i skulen er kjende med aktivitetsplikta som vedkjem elevane sin rett til eit trygt og godt skulemiljø,

Detaljer

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune Vedlegg 1 Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune Heimel: Fastsett av fylkestinget 14.10.2014, med heimel i forskrift til opplæringslova

Detaljer

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning navn på profil/kortversjon NORSKE ARBEIDSTAKARAR MED BERRE GRUNNSKOLE BØR TA MEIR UTDANNING 1 Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning Årets Vox-barometer syner at tilsette med

Detaljer

Rettleiar for overføring av tilsette. Ein forsvarleg, god og rettferdig prosess.

Rettleiar for overføring av tilsette. Ein forsvarleg, god og rettferdig prosess. Rettleiar for overføring av tilsette Ein forsvarleg, god og rettferdig prosess. Innhald Innleiing... 2 Rettsleg utgangspunkt... 2 FASE 1... 2 1.1 Avgjerd om administrativ organisering... 2 FASE 2... 3

Detaljer

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste Sakshandsamar: Bodhild Therese Cirotzki Vår dato Vår referanse Telefon: 03.05.2012 2012/732-610 E-post: fmsfboc@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032

Detaljer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL

Detaljer

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag UDIR: Oppdragsbrev Desentralisert ordning for kompetanseutvikling og oppfølgingsordninga

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag UDIR: Oppdragsbrev Desentralisert ordning for kompetanseutvikling og oppfølgingsordninga UDIR: Oppdragsbrev 04-17 Desentralisert ordning for kompetanseutvikling og oppfølgingsordninga Lærelyst- tidlig innsats og kvalitet i skolen Meld. St. 21 2016-2017 Meld. St. 21-2017 Lærelyst i tidleg innsats

Detaljer

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN Kapittel 4: Nye krav til kunnskap Tiltak 4.1 Utvikle etter- og vidareutdanningstilbod og nye utdanningar Fremje ordningar for å identifisere kompetansebehov

Detaljer

NAMN Side / av Vedlegg. 1-5 Deltid - HTA Rett til fast tilsetting AML Rett til stilling for deltidstilsette faktisk arbeidtid AML 14-4

NAMN Side / av Vedlegg. 1-5 Deltid - HTA Rett til fast tilsetting AML Rett til stilling for deltidstilsette faktisk arbeidtid AML 14-4 NAMN Side / av Vedlegg Reglement - rett til auke i stilling eller rett til fast tilsetjing etter 1-5 Deltid - HTA 2.3.1 Rett til fast tilsetting AML- 14-9 Rett til stilling for deltidstilsette faktisk

Detaljer

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE Postboks 74 Sandviken 5812 Bergen www.nla.no Telefon: 55 54 07 00 Telefaks: 55 54 07 01 E-post: post@nla.no Org. nr. 995 189 186 TEKNISK NOTAT KNYTT TIL LÆRARUNDERSØKING VÅREN 2016 Til: Høgskulen Sogn

Detaljer

LIKESTILLINGS-, INKLUDERINGS-, OG MANGFALDSPOLITISK PLATTFORM

LIKESTILLINGS-, INKLUDERINGS-, OG MANGFALDSPOLITISK PLATTFORM Holbergs gate 1 / 0166 Oslo T: 22 04 49 70 E: nso@student.no W: www.student.no LIKESTILLINGS-, INKLUDERINGS-, OG MANGFALDSPOLITISK PLATTFORM «Vedteke på NSO sitt landsmøte, 20.-22. april 2018.» 2018001610

Detaljer

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune Etiske retningslinjer for folkevalde og tilsette i Voss kommune Side 1 av 5 Etiske retningslinjer for folkevalde og tilsette i Voss kommune Versjon : 1.0 godkjend i Kommunestyret 23.06.2005 Dato : 25.

Detaljer

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk SAMNANGER KOMMUNE Side 1 av 8 MØTEINNKALLING Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: 08.02.2012 Møtetid: 13.00 - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet

Detaljer

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss VURDERING fordi vi stiller krav og vi bryr oss 3 Helsing frå rektor INNHALD Helsing frå rektor Side 3 Skulen sin visjon Side 4 Kva handler vurdering om Side 5 Dette har du som elev plikt til Side 6 Dette

Detaljer

Oslo. Hva mener du? hovedoppgjøret 2014: Prioriteringer i. Til barnehagelærere

Oslo. Hva mener du? hovedoppgjøret 2014: Prioriteringer i. Til barnehagelærere Prioriteringer i hovedoppgjøret 2014: Hva mener du? Våren 2014 er det tid for et nytt hovedtariffoppgjør, og Utdanningsforbundet må gjøre en rekke veivalg før kravene våre kan utformes. I dette arbeidet

Detaljer

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN Kapittel 4: Nye krav til kunnskap Tiltak 4.1 Utvikle etter- og vidareutdanningstilbod og nye utdanningar Fremje ordningar for å identifisere kompetansebehov

Detaljer

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå oktober 2016 1. BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barnehagelova 19 g.barn med nedsatt funksjonsevne Kommunen skal sikre at barn med nedsatt

Detaljer

Plan for forvaltningsrevisjon

Plan for forvaltningsrevisjon Plan for forvaltningsrevisjon 2009-2012 Øygarden kommune Member of Deloitte Touche Tohmatsu Medlemmer av Den Norske Revisorforening org.nr: 980 211 282 Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Plan for forvaltningsrevisjon

Detaljer

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge. Vedtekter for ungdomspolitisk utval (UPU) i Sogn og Fjordane Vedtatt på fylkesting for ungdom på Skei i Jølster den 0.0.0. Endra på fylkesting for ungdom på Skei i Jølster den.0.0. 1 Føremål Ungdomspolitisk

Detaljer

VEDLEGG TIL ÅRSRAPPORT

VEDLEGG TIL ÅRSRAPPORT FORSVARSBYGG VEDLEGG TIL ÅRSRAPPORT 20 RAPPORT OM LIKESTILLING 18 www.forsvarsbygg.no OPPFØLGING AV 1A I LIKESTILLINGSLOVA Likestilling er eit eige tema i Forsvarsbygg sin kompetanseog lønspolitikk i den

Detaljer

PPT no og i framtida.

PPT no og i framtida. PPT no og i framtida http://liuandco.uk/news/diversity-within-architecture Har du møtt ei PP-teneste har du møtt ei PP-teneste FINN PPT! Oppgåvene til PPT Opplæringslova 5.6 - Tenesta skal hjelpe skulen

Detaljer

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE TRAINEE I SOGN OG FJORDANE Prosjektplan for Framtidsfylket Trainee frå og med haust 2014 Framtidsfylket Trainee er den einaste fylkesdekkjande traineeordninga i landet for kandidatar med bachelor- eller

Detaljer

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon MØTEINNKALLING Utvalg: Administrasjonsutvalet Møtestad: Møterom Austefjorden, Volda rådhus Dato: 04.10.2016 Tid: 10:20 Medlemar som er ugilde i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar

Detaljer

Leiing i skolen. Oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvar ARTIKKEL SIST ENDRET: Leiing er å ta ansvar for at

Leiing i skolen. Oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvar ARTIKKEL SIST ENDRET: Leiing er å ta ansvar for at Leiing i skolen Skoleleiinga, med rektor i spissen, kan ha stor positiv innverknad på læringsmiljøet og elevane sitt læringsutbytte. Dette føreset utøving av god leiarskap. Her beskriv vi kva for krav

Detaljer

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman. Introduksjon av økta Bilda: er dei vener, kva er bra og korleis er det forskjellar? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Kan alkohol styrkja og svekkja venskap? Gruppe: Kva gjer me for at det skal halda

Detaljer

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.01.2016 3917/2016 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato UD 2/16 Utdanningsutvalet 04.02.2016 Fylkesrådmannens tilråding 17.02.2016 Fylkesutvalet

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR GLØD Hordaland

HANDLINGSPLAN FOR GLØD Hordaland HANDLINGSPLAN FOR GLØD Hordaland 2012-16 GLØD - prosjektet møter kompetanse- og rekrutteringsutfordringane i barnehagesektoren GLØD - prosjektet vart starta våren 2012 av Kunnskapsdepartementet. Prosjektet

Detaljer

Prop. 128 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

Prop. 128 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak) Prop. 128 S (2014 2015) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak) Endringar i statsbudsjettet 2015 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for

Detaljer