VELKOMMEN TIL OSS. Odda sjukehus

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "VELKOMMEN TIL OSS. Odda sjukehus"

Transkript

1 VELKOMMEN TIL OSS Odda sjukehus

2 DETTE ER ODDA SJUKEHUS AKUTTBEREDSKAP Odda sjukehus har medisinsk- og kirurgisk akuttberedskap. Medisinsk beredskap: Odda sjukehus har eit godt tilbod til pasientar med akuttmedisinske tilstandar. Pasientar med hjerneslag får same akutt behandling ved Odda sjukehus som dei får ved større sjukehus. ODDA AMBULANSESTASJON TURAR I 2013: 2151 KILOMETER KØYRD: TAL PÅ TILSETTE: 22 DEKKJER KOMMUNANE: ODDA, JONDAL OG ULLENSVANG AMBULANSAR: 2 DØGNBILAR, KASERNERTE OG 1 DAGBIL 08:00 19:00 MAN. FRE. Kirurgisk akuttberedskap: Stabilisering av skadde pasientar før overflytting til større sjukehus. POLIKLINIKK/DAGBEHANDLING Fysioterapi Fysikalsk rehab Ergoterapeut LMS-senter Psykiatrisk poliklinikk Kreftsjukepleiar Dialyse Dagkirurgi KIRURGISK POLIKLINIKK Generell kirurgi Gynekologi Ortopedi Øyre-nase-hals Sår Plastikk kirurgi Endoscopiske undersøkingar MEDISINSK POLIKLINIKK Indremedisin Kardiologi Lunge Nefrologi Smerte Hjerneslag Diabetes LABORATORIET Medisinsk biokjemi Blodbank RØNTGENAVDELING CT Ultralyd AKUTTMOTTAK Operasjonsavdeling Jordmorteneste Ambulansestasjon Legevaktsentral, legevakt og kommunale øyeblikklig hjelp-senger Medisinsk avdeling Kirurgisk avdeling/overvakingsavdeling ODDA SJUKEHUS SIDE 3

3 BROKK Når det gjeld brokk og kikkhullsoperasjon er det få som har meir erfaring enn Erik Aasberg ved Odda sjukehus. Det finst to måtar å operere brokk på: Den eldste metoden er open kirurgi, der kirurgen lagar eit større snitt i bukveggen medan den nyaste metoden skjer ved hjelp av kikkhullskirurgi. Under operasjonen brukar kirurgen kamera og difor er det ikkje er meir enn eit lite snitt kirurgen treng for å kome til og få gjort jobben. Det er denne siste metoden Erik Aasberg ved Odda sjukehus har spesialisert seg på. KIKKHULLS-PIONÉR 1995 var første gong eg opererte på denne måten, fortel han. Det gjer Aasberg til ein av dei aller første i Skandinavia som byrja å bruke kikkhullskirurgi, og det gjer at han er ein av dei som har aller lengst erfaring med å operere brokk på denne måten. Samanlikna med open kirurgi, gjev det å operere via kikkhull ein rekkje fordelar. Det skal mange timar med øving til for å bli ein dyktig kirurg LANG PRAKSIS: 1995 var første året Erik Aasberg opererte med kikkhullskirurgi. Det gjer kirurgen ved Odda sjukehus til ein av dei i Skandinavia som har mest erfaring med å operere brokk på denne måten. Faren for feiloperasjon blir mindre, det gjev mindre sår og det gjev mindre arrdanning. Dessutan får pasientane kortare tid som sjukmelde, fortel han. ØVING GJER MEISTER Sidan han byrja med kikkhullsoperasjonar har han opplevd at faget har vore gjennom ei rivande teknologisk utvikling. Blant anna har kamera vi brukar blitt betre, fortel han. Og det er ei utvikling sjukehuset i Odda har hengt bra med på. Blant anna blei det for kort tid sidan investert i nytt operasjonsutstyr. Dessutan er Odda eit sjukehus som, ifølgje kirurgen, eignar seg godt til å drive med dagkirurgi. Det at det er eit lite sjukehus, kan ha sine fordeler. Det er lettare å ha oversikt og det er enklare å få til ein god tone med pasienten, seier kirurgen - som når han ikkje er på jobb i Odda, vanlegvis er å finne på jobb i Sverige. At det har blitt slik er heller tilfeldig, fortel han. Han studerte medisin i Sverige, og etter han blei ferdig med utdanninga, blei han verande i landet. Det å kombinere jobb ved eit større sjukehus i Sverige med å jobbe ved eit mindre sjukehus i Norge, er noko eg trivst godt med, seier Aasberg. ODDA SJUKEHUS SIDE 4 ODDA SJUKEHUS SIDE 5

4 DIALYSE Det viktigaste er å skape tryggleik og gje pasientane eit godt fagleg tilbod Som dialysepasient må du til behandling fleire gonger i veka. Då set du pris på at dette er noko du kan gjere ved lokalsjukehuset ditt. For oss som jobbar her er det viktig at pasientane kjenner tryggleik, at dei får eit fagleg godt tilbod og at dei har ei kjensle av at dei blir sett, seier Astrid Flaten Sandvin. Når pasientane dei behandlar kjem innom fleire dagar i veka for å få behandling som tek tre til fire timar og det er noko dei gjer gjennom fleire år så er dette viktig. 50 GONGER I LØPET AV EIT DØGN SKAPE TRYGGLEIK: Astrid Flaten Sandvin og Unni Hovden arbeider ved dialyseavdelinga på Odda sjukehus, og dei kan fortelje at det å ha dette tilbodet ved lokalsjukehuset betyr mykje for dei pasientane som treng dialysebehandling. Det er nok ikkje så mange som tenkjer over det i det daglege, men nyrene er eit av dei aller mest kompliserte organa vi har i kroppen. Faktisk reinsar nyrene 180 liter blod i døgeret hos ein vanleg person. Då seier det seg sjølv at du blir sjuk om nyrene dine ikkje klarar å gjere reinsejobben på eiga hand, og for nokon er den einaste løysinga då dialyse. BETRE LIVSKVALITET Å ha dette tilbodet ved sjukehuset her i Odda, betyr at pasientane slepp å køyre til Haugesund eller ein annan plass fleire gonger i veka for behandling, forklarar dei to sjukepleiarane. Det gjer kvardagen til pasientane langt enklare, og det gjer at dei får betre livskvalitet. ODDA SJUKEHUS SIDE 6 ODDA SJUKEHUS SIDE 7

5 FØDEPOLIKLINIKK Ein god start i Odda GOD START ODDA: Jordmor Torhild Austrått Kristensen fortel at dei siste åra var det så få som fødde ved sjukehuset at dei var nøydd til å gjere noko med fødetilbodet. I framtida kjem dei difor til å arbeide meir med oppfølging av dei gravide i distriktet. Eit nytt tilbod til dei fødande ved Odda sjukehus tek form. I 2002 vart fødeavdelinga ved sjukehuset i Odda gjort om til forsterka fødestove. Her fekk kvinner med normale svangerskap føde, medan såkalla risikogravide måtte føde ved fødeavdelinga i Haugesund. I 2011 kom det sentrale føringar om å leggje om til jordmorstyrt fødestove, noko som blant anna ville medføra at det ikkje lenger skulle vera gynekolog ved fødestova. Det var eit tilbod vi jordmødre ikkje syntes var liv laga, seier funksjonsleiar Elin Øyre som har vore jordmor ved avdelinga i meir enn 20 år. Ei jordmorstyrt fødestove hadde gjort at færre kvinner kunne føde ved sjukehuset, og dermed ville fødselstala halde fram med å gå ned, seier ho. Då var det betre å prøve noko nytt, og det er dette som dannar bakgrunnen for overgangen til «God start»-modellen. TILPASSA DEN ENKELTE «God start» blir drive etter mal frå sjukehusa i Lærdal og Nordfjordeid. I hovudsak handlar dette om at ein i større grad skal leggje til rette for å ha god svangerskapsomsorg, følgetjeneste og tilbod om barselopphald. Dei fleste kvinnene som soknar til fødestova i Odda og føder ved Haugesund sjukehus, vel å kome tilbake og ha barseltilbodet sitt her, fortel Øyre. I Odda er tilhøva små og ein kan lettare vere fleksibel og tilpasse seg kvar enkelt pasient i større grad enn ein kan ved eit større sjukehus. ODDA SJUKEHUS SIDE 8 ODDA SJUKEHUS SIDE 9

6 DIALOG: Torhild Austrått Kristensen fortel at det i jobben som jordmor er viktig å vere profesjonell, men at det også er viktig at ein har ein god tone med kvarandre. Dei fleste barselpasientane har òg eit sterkt ønskje om å koma heim og få vere nær familie og vener i barseltida. Om det er god plass i avdelinga er far også velkomen til å vere saman med mor og barn heile døgeret dei dagane dei er ved avdelinga. JORDMOR HEIM Til dei som vel å reise tidleg heim frå fødeavdelinga, startar vi no opp eit tilbod kalla «jordmor heim». Det inneber eit eller fleire besøk av jordmor i den tidlege fasen etter heimkomst. Tidlegare låg mor og barn på sjukehus i fleire dagar etter ein fødsel, men no er det meir vanleg med tidleg heimreise, fortel Elin Øyre. Dette er ei utvikling som mange kvinner helsar velkomen. Det er nemleg dei færraste som ynskjer å liggje på sjukehuset lenger enn dei må. Sjølv om fødetilbodet i Odda blir gjort om til «God start», og sjølv om alle kvinner no må ut av kommunen for å føde, kjem fødestova framleis til å vere fullt utstyrt. Det gjer at vi kan ta imot fødslar der ein er redd for ikkje å kome fram til Haugesund sjukehus eller anna fødeavdeling i tide, fortel Elin Øyre. Det er jordmor i vaktberedskap heile døgnet, og ved behov følgjer jordmor med den fødande i ambulansen. ODDA SJUKEHUS 2013 MAT PORSJONAR SERVERT: 6600 PLUSS 1400 ULIKE DIETTAR LITER MED JUICE SOM BLEI DRUKKE: 1600 LITER MED MJØLK SOM BLEI DRUKKE: 1200 For å halde seg fagleg oppdaterte arbeider jordmødrene og barnepleiarane i Odda i periodar ved fødeavdelinga i Haugesund. Dette er ei god ordning som vi er nøgde med å ha fått til. ODDA SJUKEHUS SIDE 10 ODDA SJUKEHUS SIDE 11

7 SMERTEPOLIKLINIKK LEIAR AV SMERTEPOLIKLINIKKEN: Eigentleg er han utdanna innan indremedisin, men då Nick Pujan la merke til korleis folk med smerter ofte ikkje blir sett, valde han å ta vidareutdanning. Med spisskompetanse på smerter TVERRFAGLEG: Den nystarta smertepoliklinikken ved Odda sjukehus er den einaste i Helse Fonna der dei arbeider tverrfagleg. Her får du hjelp av både lege, psykolog, sjukepleiar og fysioterapeut. Ved Odda sjukehus finn du den einaste tverrfaglege smertepoliklinikken i heile Helse Fonna. Her har dei både tid og kunnskap til å hjelpe personar med langvarige smerter. Nick Pujan er lege og leiar av smertepoliklinikken ved Odda sjukehus. Det tverrfaglege teamet han er ansvarleg for består av både lege, psykolog, fysioterapeut, sjukepleiar og helsesekretær. Smerter er den vanlegaste årsaka til at pasientar tek kontakt med helsevesenet. Opp mot 30 prosent av den vaksne befolkninga rapporterer om at dei har langvarige smerter, fortel Pujan og forklarar at langvarige smerter blir definert som smerter som har vart i meir enn seks månader. FÅ TILBAKE LIVSKVALITET Målet med smertepoliklinikken er å hjelpe pasienten til å meistre smertetilstanden sin og få ein betre livskvalitet. For å oppnå gode resultat må pasienten sjølv vere motivert for endring. Dette er ei pasientgruppe som ofte går sjukmelde i lang tid. Det er ei kjend sak at dess lenger ein er vekke frå arbeidslivet, dess vanskelegare blir det å kome tilbake i jobb, forklarar han. Difor er det å gje desse pasientane hjelp til å meistre kvardagen viktig både for den enkelte og for samfunnet. SER HEILE MENNESKET Noko av det som gjer smertepoliklinikken i Odda unik, er måten pasientane blir møtt på. Ved Smertepoliklinikken prøver vi å arbeide med heile mennesket og ikkje berre med smertene. Dette er viktig fordi smertene til pasientane ofte er samansette og kjem av ulike årsaker, seier Pujan. Dette er også noko av grunnen til at det tverrfaglege behandlingsteamet ved smertepoliklinikken i Odda er sett saman av folk med ulik kompetanse. ODDA SJUKEHUS SIDE 12 ODDA SJUKEHUS SIDE 13

8 ÅREKNUTAR Tek i bruk ny teknikk for behandling av åreknutar Som dei første i Helse Fonna har Odda sjukehus starta med å ta i bruk radiofrekvent varmebehandling av åreknutar. Med denne metoden er det som oftast ikkje nødvendig med sjukemelding, seier kirurg Todor Okuka som har vore med på å etablere det nye behandlingstilbodet for åreknutar ved sjukehuset i Odda. NY METODE: Todor Okuka er kirurgen som opererer åreknutar ved sjukehuset i Odda. Som det einaste sjukehuset i Helse Fonna har ein her byrja å bruke radiofrekvent varmebehandling under operasjonen. At ein slepp sjukemelding gjer at pasienten blir spart for mykje ubehag, og at samfunnet blir spart for store summar, fortel han. Graden av tilbakefall er ifølgje kirurgen liten, og den skal vere mindre enn den er ved andre typar av åreknuteoperasjonar. MINDRE ARRDANNING Det nye med denne behandlingsmetoden av åreknutar er at ein brukar radiofrekvent varme. Ved hjelp av eit spesialkateter går ein inn i venen. Kateteret utgir varme til veneveggen gjennom radiofrekvens. Noko som gjer at venen trekkjer seg saman og krympar, for så å bli avstengd. Tidlegare har det vore vanleg med full narkose under åreknuteoperasjonar, men med denne nye teknikken held det med lokalbedøving. OPERASJON FOR FRAMTIDA Sjukehuset i Odda er dei einaste i Helse Fonna som tilbyr denne behandlingsmetoden, og kirurgen trur at det å behandle åreknutar på denne måten er noko som kjem til å bli langt meir vanleg i framtida. Det er viktig å få fram at fastlegane må vise pasienten til ultralydundersøking før dei viser pasienten vidare til sjukehuset, fortel han. Alle pasientane kan ikkje bli behandla på denne måten. Men for dei som kan, gjev denne behandlingsmetoden ei lang rekkje fordelar, seier kirurgen. OPERASJONAR SOM BLIR UTFØRTE VED SJUKEHUSET: GENERELL KIRURGI GYNEKOLOGI (DR DAHLE) PLASTIKK KIRURGI- BRYSTREDUKSJON OG BUKPLASTIKK (DR DAHLE OG DR RØTTINGEN) SMÅ ORTOPEDISKE INNGREP (DR DAHLE) HÅNDKIRURGI (DR DAHLE OG DR RØTTINGEN) AUGEKIRURGI (AUGELEGE FRA HAUGESUND) ODDA SJUKEHUS SIDE 14 ODDA SJUKEHUS SIDE 15

9 ØYEBLIKKLIG HJELP-SENGER Samarbeider med kommunane for å gje eit betre tilbod til pasientane Kommunane Odda, Ullensvang og Jondal har starta felles legevakt på sjukehuset. Slik skal dei samle alle akuttfunksjonane på ein stad og gje eit betre tilbod til pasientane. Den kommunale legevakta er no å finne i første høgda på sjukehuset. Ein av fordelane med dette er at ein får samla dei ulike fagmiljøa på ein plass. Noko som gjer samarbeid enklare, fortel Olav Torekoven som er seksjonsleiar ved sjukehuset i Odda. Ordninga fungerer slik at kommunane leiger lokale hos oss på sjukehuset, men at det er kommunen sjølv som driv legevakta som tidligare, forklarar han. SAMLAR FAGMILJØA: Seksjonsleiar Olav Torekoven fortel om korleis sjukehuset samarbeider med kommunane Jondal, Ullensvang og Odda for å skape eit meir robust helsetilbod. KOMMUNALE SENGER VED SJUKEHUSET I desember starta ein dessutan opp ei ny ordning med øyeblikkeleg hjelp-senger ved sjukehuset. Øyeblikklig hjelp-senger er eit tilbod for pasientar som ikkje har trong for å vere på sjukehus, men som av ulike grunnar heller ikkje kan få behandling heime, fortel Torekoven. Dei to sengeplassane ved sjukehuset kom til som ein del av Samhandlingsreforma, og noko av målesetjinga med reforma er at helsevesenet skal førebyggje i staden for å reparere. Det medisinske ansvaret ligg hos kommunen, men sjukehuset syter for helsepersonell og elles det som trengst for opphaldet. LOKAL TILPASSING AV TILBODET Sidan det framleis er kort tid sidan tilbodet starta opp, meiner seksjonsleiaren at det er for tidleg med noko endeleg konklusjon om korleis løysinga fungerer. Likevel trur eg at eg kan seie at vi har kome fram til noko som er tenleg både for sjukehuset og for kommunane her i distriktet, seier Torekoven. Lokal tilpassing er nettopp noko av målet med Samhandlingsreforma, og reforma slår fast at øyeblikklig hjelp-senger er noko alle kommunar skal ha på plass innan ODDA SJUKEHUS SIDE 16 ODDA SJUKEHUS SIDE 17

10 ELISABETH EIKEMO Stolt av både Odda og sjukehuset ODDA SJUKEHUS 2013 KONSULTASJONAR: 5247 AVDELINGSOPPHALD: 2279 SJUKEHUSOPPHALD: 1959 TAL PÅ OPERASJONAR: 1150 IDENTITET: Elisabeth Eikemo er sjukepleiar ved Odda sjukehus. For henne er det viktig at pasientane skal få god behandling og at dei opplever tryggleik når dei kjem til lokalsjukehuset. Sjukehuset er viktig. Vi har mykje industri og ein utfordrande geografi, spesielt vinterstid. Vi har opplevd vintrar der vi i periodar er isolerte på grunn av snøras. Då er det ekstra viktig for oss som bur i Odda å kjenne tryggleiken i å ha eit sjukehus, seier Elisabeth Eikemo. Ho er sjølv fødd og oppvaksen i industribyen innerst i Sørfjorden, og tok sjukepleiarutdanninga som fjernstudium. Etter at ho sjølv fekk barn, har banda til heimplassen blitt endå sterkare. Her er det trygt og godt for barn og unge å vekse opp. Vi som bur her er glade i plassen, fortel Eikemo. Ho set pris på at sjukehuset er ein fagleg utfordrande arbeidsplass, og ho fortel at for dei tilsette er det viktig at pasientane skal få kjenne at dette er ein god stad å vere. Vi som arbeider her skal i alle fall gjere det vi kan for at folk som kjem til Odda for behandling skal få det så bra som mogleg, seier ho. ODDA SJUKEHUS SIDE 18

11

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Notat til styremøte 26. januar 2010

Notat til styremøte 26. januar 2010 Notat til styremøte 26. januar 2010 Strategi Helse Sunnmøre 2015 Akuttfunksjonar oppgåvefordeling mellom sjukehusa med vekt på framtidig utvikling av Volda sjukehus Augeblikkeleg hjelp innleggingar Medisin

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Med god informasjon i bagasjen

Med god informasjon i bagasjen Evaluering av pasientinformasjon Med god informasjon i bagasjen Johan Barstad Lærings og meistringssenteret Helse Sunnmøre HF SAMAN om OPP Hotell Britannia, Trondheim 18. Februar 2010 Sunnmørsposten, 08.02.10

Detaljer

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise - 01.10.2013

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise - 01.10.2013 Helse Førde Kompetanse og rekruttering Næringsreise - 01.10.2013 Region Helse Vest Om Helse Førde Helse Førde har ansvar for spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane Består av Psykisk helsevern, Kirurgisk

Detaljer

Frå visjon til realitet November 2012

Frå visjon til realitet November 2012 Frå visjon til realitet November 2012 I fleire år har i samarbeid med og nabokommunane Askøy, Sund og Øygarden utvikla samhandlingsprosjekt innanfor ulike helseområde. Dette samsvarar med visjonane og

Detaljer

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN VELKOMMEN HEIM Foto: Magnus Endal OPPFØLGING ETTER HEIMKOMST Her finn du informasjon til både deg som har vore på oppdrag i Sierra Leone, og til familien

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 12.10.2015 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Variasjon i ventetider og fristbrot ARKIVSAK: 2015/2228 STYRESAK: 107/15 STYREMØTE: 10.11.

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Med tre spesialitetar i kofferten

Med tre spesialitetar i kofferten Med tre spesialitetar i kofferten Av Eli Gunnvor Grønsdal Doktor Dorota Malgorzata Wojcik nøgde seg ikkje med å vere spesialist i eitt fag. Ho tok like godt tre. No brukar ho kunnskapen sin, ikkje berre

Detaljer

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus Informasjon til pasient med brudd i øvre lårbein Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus Kva er eit lårhalsbrudd? Med lårhalsbrudd meiner vi vanlegvis eit brot i øvre del av

Detaljer

OPERASJON I MAGE ELLER TARM

OPERASJON I MAGE ELLER TARM OPERASJON I MAGE ELLER TARM KJÆRE PASIENT Velkommen til avdeling for gastro og akuttkirurgi. Dette er informasjon til deg som er operert på grunn av akutt stopp i fordøyinga. ILLUSTRASJON AV MAGE OG TARM

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester 10.10.12 Særavtale mellom Vågsøy kommune og Helse Førde HF Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester Avtale om svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester 1. Partar Avtalen er inngått mellom

Detaljer

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK KYSTHOSPITALET I HAGEVIK Kneartroskopi Denne faldaren inneheld informasjon for pasientar som skal få utført artoskopisk kirurgi i kne. Sjå i tillegg faldar med generell informasjon om innlegging eller

Detaljer

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom Formål med pasienthotelllet: Hovudoppgåva er å vere eit tilbod for at pasientane skal behandlast på beste

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD I samband med den pågåande kommunereforma i Noreg tek Odda kommune, Jondal kommune og Ullensvang herad sikte på å slå

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Strategiplan for Apoteka Vest HF Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.91 03.09.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka

Detaljer

Avdeling for urologi

Avdeling for urologi Avdeling for urologi Informasjon om TUR-blære Kjære pasient I denne brosjyra finn du informasjon om operasjonen du skal til og litt om dei fyrste dagane etterpå. Før du vert operert vil du få ein samtale

Detaljer

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester 31.01.13 Særavtale mellom Sogndal kommune og Helse Førde HF Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester Avtale om svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester 1. Partar Avtalen er inngått mellom

Detaljer

Eldremedisinsk poliklinikk

Eldremedisinsk poliklinikk Eldremedisinsk poliklinikk som samarbeidstiltak mellom somatikk og psykiatri Kvalitetskonferansen, Førde 16.10.14 Eva Herløsund Søgnen, spesialist i indremedisin og kardiologi, starta spesialisering i

Detaljer

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet Nynorsk 2016 Vaksine for å førebyggja livmorhalskreft tilbod til jenter i 7. klasse Informasjon til barn og foreldre Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet 1 Vaksine mot humant papillomvirus (HPV)

Detaljer

Visjon og verkelighetframtidas

Visjon og verkelighetframtidas Visjon og verkelighetframtidas lokalsjukehus Samarbeid mellom Nordfjord Psykiatrisenter og medisinsk seksjon Nordfjord sjukehus/førde sentralsjukehus Stavanger 4.juni 2014 Eva Herløsund Søgnen, spesialist

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato

Saksnr Utval Møtedato Arkivref: 2011/2088-16986/2012 Saksh.: Lars Helge Sørheim Saksframlegg Saksnr Utval Møtedato INTERKOMMUNAL LEGEVAKT OG Ø.HJ. DØGNTILBOD Framlegg til vedtak: 1. Komite for helse, rehabilitering og omsorg

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg? IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil

Detaljer

Om vestibularisnevritt

Om vestibularisnevritt svimmel - vestibularisnevritt - langvarig svimmelheit Om vestibularisnevritt Vestibularisnevritt er ein sjukdom i det indre øyret og er ei av dei vanlegaste årsakene til svimmelheit. Tilstanden kan bli

Detaljer

3 52 Sinus 1P Y > Algebra Book Sinus 1P-Y-nyn.indb 52 2014-10-14 15:08:14

3 52 Sinus 1P Y > Algebra Book Sinus 1P-Y-nyn.indb 52 2014-10-14 15:08:14 5 Sinus 1P Y > Algebra Book Sinus 1P-Y-nyn.indb 5 014-10-14 15:08:14 Algebra MÅL for opplæringa er at eleven skal kunne forenkle fleirledda uttrykk og løyse likningar av første grad og enkle potenslikningar

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Tenesteavtale 8. Mellom Utsira kommune og Helse Fonna HF. Avtale om svangerskaps-, fødsels-, og barselomsorgsteneste for

Tenesteavtale 8. Mellom Utsira kommune og Helse Fonna HF. Avtale om svangerskaps-, fødsels-, og barselomsorgsteneste for Tenesteavtale 8 Mellom Utsira kommune og Helse Fonna HF Avtale om svangerskaps-, fødsels-, og barselomsorgsteneste for gravide og fødande InnhaId 1 Partar 3 2 Formål og virkeområde 3 3 Bakgrunn og lovgrunnlag

Detaljer

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen Å leve med kreft over tid. Psykososiale utfordringar og hensiktsmessige tiltak ved kreftsjukdom Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen Å leve med kreft Det er mange utfordringar, f.eks:

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Jobbstrategien. KLAR FOR JOBB unge med nedsett funksjonsevne

Jobbstrategien. KLAR FOR JOBB unge med nedsett funksjonsevne Jobbstrategien KLAR FOR JOBB unge med nedsett funksjonsevne Ein døropnar til arbeidslivet Unge, positive og motiverte medarbeidarar er velkomne hos dei fleste arbeidsgivarar. Men unge med nedsett funksjonsevne

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

OPERASJON VED BETENNELSE I TARM

OPERASJON VED BETENNELSE I TARM OPERASJON VED BETENNELSE I TARM KJÆRE PASIENT Velkommen til Avdeling for gastro- og akuttkirurgi. Dette er informasjon til deg som er operert på grunn av betennelse i tarm. ILLUSTRASJON AV MAGE OG TARM

Detaljer

Team Hareid Trygg Heime

Team Hareid Trygg Heime Team Hareid Trygg Heime Hareid i fugleperspektiv fotografert frå Holstad-heia. Hareid er ein kystkommune med litt i overkant av 5000 innbyggarar. I areal er det ei lita kommune, med kommunesenteret Hareid,

Detaljer

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Av Eli Gunnvor Grønsdal Då Tehmina Mustafa kom til Noreg, som nyutdanna lege, fekk ho melding om å ta utdanninga på nytt. Ho nekta. I dag er ho professor i

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2 SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2 Prosjekt Sogn lokalmedisinske senter, Lærdal. Rapport forstudie og vidareføring TILRÅDING: Leikanger kommunestyre gjer

Detaljer

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM VEGEN TIL EIT BETRE LIV For deg som opplever akutt hjartesjukdom kan den første tida etter heimkomst vere vanskeleg å takle åleine. Mange treng hjelp

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa». Opplæringslova: http://www.lovdata.no/ all/nl-19980717-061.html Opplæringslova kapittel 9a. Elevane sitt

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Fakta om hiv og aids. Nynorsk

Fakta om hiv og aids. Nynorsk Fakta om hiv og aids Nynorsk Hiv og aids Aids er ein alvorleg sjukdom som sidan byrjinga av 1980-talet har spreidd seg over heile verda. Aids kjem av eit virus, hiv, som blir overført frå person til person

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

KVINNEKLINIKKEN TIL deg som skal TIL operasjon av skjede/livmor

KVINNEKLINIKKEN TIL deg som skal TIL operasjon av skjede/livmor KVINNEKLINIKKEN Til deg som skal til operasjon av skjede/livmor VELKOMMEN TIL KVINNEKLINIKKEN Dette er informasjon til deg som skal til operasjon for framfall av skjede/livmor (descensoperasjon) I denne

Detaljer

ÅRSRAPPORT FRÅ KREFTOMSORG. Årdal kommune

ÅRSRAPPORT FRÅ KREFTOMSORG. Årdal kommune ÅRSRAPPORT FRÅ KREFTOMSORG Årdal kommune 2011 Innhold 1.0 Kreftomsorga i Årdal... 3 1.1 Kreftsjukepleiar... 3 1.2 Nettverk for ressurssjukepleiarar... 3 1.3 Hospitering... 5 2.0 Plan vidare... 5 2.1 Kreftsjukepleiar...

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder Det psykososiale skolemiljøet til elevane Til deg som er forelder Brosjyren gir ei oversikt over dei reglane som gjeld for det psykososiale skolemiljøet til elevane. Vi gir deg hjelp til korleis du bør

Detaljer

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen) Tenesteavtale mellom Fitjar kommune og Helse Fonna HF bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen) Partar Denne avtalen er inngått mellom Fitjar kommune og Helse Fonna HF. Bakgrunn og omfang av

Detaljer

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid BEST. NR. 456-NYN Ungdom i arbeid Utgitt første gong i 1985 Direktoratet for arbeidstilsynet Statens hus, 7468 Trondheim September 2002 Brosjyren er revidert og har fått ny lay-out. Mars 2008 Brosjyren

Detaljer

Samtalegruppe for par der den eine har kreft.

Samtalegruppe for par der den eine har kreft. Samtalegruppe for par der den eine har kreft. Familievernkontoret i Molde og Molde sjukehus er i gang med å planlegge gruppe for par der den eine har kreft. Kjersti Tytingvåg Rogne, representerer Familievernkontoret,

Detaljer

1. Mål med samhandlingsreforma

1. Mål med samhandlingsreforma 1. Mål med samhandlingsreforma I april 2010 vedtok Stortinget Samhandlingsreforma, som var lagt fram som Stortingsmelding 47 i juni 2009. Meldinga hadde som undertittel Rett behandling på rett sted til

Detaljer

Kvalitetssikring av medisinbestilling i samarbeidet mellom fastlege og heimesjukepleie i Flora kommune

Kvalitetssikring av medisinbestilling i samarbeidet mellom fastlege og heimesjukepleie i Flora kommune 16 Kvalitetssikring av medisinbestilling i samarbeidet mellom fastlege og heimesjukepleie i Flora kommune Sunnfjord Medisinske Senter Legegruppa Sunnfjord Medisinske Senter AS er eit privat legekontor

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider Vedlegg 4 Informasjonstekster Det ligger ved forslag til pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider Det er utarbeidet både på bokmål og nynorsk.

Detaljer

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011 Kristin Stray Jacobsen 1. FORMÅL Prosedyren skal sikre: - at den einskilte leiar følgjer opp sitt ansvar for eigenmelde/sjukmelde arbeidstakarar og arbeidstakarar under rehabilitering/attføring. - at arbeidstakarar

Detaljer

Akuttpsykiatriske situasjonar

Akuttpsykiatriske situasjonar Akuttpsykiatriske situasjonar Overlege Rune Mjanger Bjørgvin DPS Avd Nordhordland Bjørgvin DPS Avdeling på Tertnes Arna og Åsane bydelar i Bergen, samt Osterøy kommune 45000 innbyggjarar over 18 år Avdeling

Detaljer

OPERASJON I TARM ELLER ENDETARM

OPERASJON I TARM ELLER ENDETARM OPERASJON I TARM ELLER ENDETARM KJÆRE PASIENT Velkommen til Avdeling for gastro- og akuttkirurgi. Dette er informasjon til deg som er operert på grunn av svulst i tarm eller endetarm. ILLUSTRASJON AV MAGE

Detaljer

Verksemdsrapport frå Kirurgisk klinikk. Avvik vs. plan

Verksemdsrapport frå Kirurgisk klinikk. Avvik vs. plan 1 Verksemdsrapport frå Kirurgisk klinikk Månad: Mai 2012 AKTIVITET Pasientopphald og DRG-poeng Denne periode Hittil i år Kirurgisk klinikk Faktisk Plan Avvik vs. plan Faktisk I mai vart det behandla færre

Detaljer

Informasjon til pasientar og pårørande

Informasjon til pasientar og pårørande HELSE BERGEN Haukeland universitetssjukehus Informasjon til pasientar og pårørande ReHabiliteringsklinikken Haukeland universitetssjukehus Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering Innhold Velkommen

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE SKODJE KOMMUNE SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE Til behandling i Kommunestyret 14.12.2010 Sak PS /10 Saksnr.: 06/521-9 Side 1 2 1. MÅLSETJING I Skodje kommune ønskjer alle tilsette å halde fram i

Detaljer

Det nödvendiga samtalet hur ger vi vi allvarliga besked til patienter och närstående?

Det nödvendiga samtalet hur ger vi vi allvarliga besked til patienter och närstående? Det nödvendiga samtalet hur ger vi vi allvarliga besked til patienter och närstående? Carl-Johan Fürst, Karolinska Institutet og Krisepsykologi ? Når pasienten kjem til legen har han kanskje fleire bekymringar

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1 2 Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA Innhold 1.0 KREFTKOORDINATOR I KOMMUNANE ÅLA... 3 1.1 Stilling som kreftkoordinator... 3 1.2 Organisering av stillinga... 3 1.3 Kreftkoordinator si rolle... 3 2.0 Oppstart

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Rekruttering av helsepersonell fra Polen. Arve Varden Direktør medisinsk klinikk Helse Førde

Rekruttering av helsepersonell fra Polen. Arve Varden Direktør medisinsk klinikk Helse Førde Rekruttering av helsepersonell fra Polen Arve Varden Direktør medisinsk klinikk Helse Førde Dette er Helse Vest Har det overordnede ansvaret for spesialisthelsetjenesten i Rogaland, Hordaland og Sogn og

Detaljer

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 31.05.2007

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 31.05.2007 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 31.05.2007 Sakhandsamar: Kristine Enger Saka gjeld: Behandlingstilbodet til pasientar i legemiddelassistert rehabilitering i Rogaland Arkivsak

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten. Rapport. Innbyggjarundersøkinga 2015 Ulvik herad. Generelt om spørsmåla: Spørsmåla kunne graderast på ein skala frå 1-6, kor 1 var dårlegast. Eit gjennomsnitt på 3,5 vil seie ein vurderingsscore midt på

Detaljer

Verksemdsrapport kirurgisk klinikk

Verksemdsrapport kirurgisk klinikk Verksemdsrapport kirurgisk klinikk Månad: August 202 AKTIVITET Pasientopphald og DRG-poeng Denne periode Hittil i år Kirurgisk klinikk Faktisk Plan Avvik vs I fjor i fjor Faktisk Plan I fjor i fjor DRG-poeng

Detaljer

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss! Dette heftet er ei samling av ulik informasjon som me håper kan være grei for deg når du skal vær

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF. www.sentio.no

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF. www.sentio.no Omdømme Helse Vest Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RH Om undersøkinga I Respondentar: Politikarar i stat, fylke og kommunar, embetsverk for stat, fylke og kommunar, og andre respondentar

Detaljer

Styresak. Helga Stautland Onarheim Tilsetteskader og HMS-hendingar. Årsrapport 2014. Styresak 14/14 O Styremøte 04.03.14

Styresak. Helga Stautland Onarheim Tilsetteskader og HMS-hendingar. Årsrapport 2014. Styresak 14/14 O Styremøte 04.03.14 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Fonna HF Dato: 05.02.14 Sakshandsamar: Saka gjeld: Helga Stautland Onarheim Tilsetteskader og HMS-hendingar. Årsrapport 2014 Styresak 14/14 O Styremøte 04.03.14

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

Særavtale til tenesteavtale 8 Kjøpav beredskap for følgjeteneste ved svangerskap og fødsel. Sauda kommune

Særavtale til tenesteavtale 8 Kjøpav beredskap for følgjeteneste ved svangerskap og fødsel. Sauda kommune Særavtale til tenesteavtale 8 Kjøpav beredskap for følgjeteneste ved svangerskap og fødsel Sauda kommune Innhold Innhold 1 1. Partar 2 2. Bakgrunn og formål 2 3. Virkeområdet 2 4. Ansvar 3 5. Organisering

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering Sogn Lokalmedisinske senter Status organisering prosess etablering Oppstart fase 2 jan 2013 Nokre rammer Kommunane yte best mulege tenester til innbyggarane våre Folkemengd og folkestruktur avgjerande

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

Til deg som skal opererast med totalprotese i kneet

Til deg som skal opererast med totalprotese i kneet Utarbeida av: Fysioterapeut Gyøngyver Molvær Fysioterapeut Heid Nygard Overlege Jan-Erik Gjertsen Ortopedisk klinikk Dato: 18.01.2011 Til deg som skal opererast med totalprotese i kneet 1 Utarbeida av:

Detaljer

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar» Hå kommune Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar» Hå kommune (Mars 2014) 1. Bakgrunn og formål med planen. Vald i nære relasjonar har mange uttrykk og omfattar fysiske, psykiske, seksuelle og materielle

Detaljer

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene Kva når hjelpa ikkje helper? Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene Ansvar! Eit ansvar for samfunnstryggleiken Der er vi kvar dag! Vi kjenner på ansvar, vi har ansvar

Detaljer

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november 2014. Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte 11.12.

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november 2014. Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte 11.12. Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Førde HF Dato: 05.12.2014 Sakhandsamar: Saka gjeld: Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november 2014 Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A

Detaljer