Søknad frå Odd Småge AS/Romsdalsfisk AS om dispensasjon frå reguleringsplan Rindarøy fiskerihamn for utsprenging av fjellskjæring

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Søknad frå Odd Småge AS/Romsdalsfisk AS om dispensasjon frå reguleringsplan Rindarøy fiskerihamn for utsprenging av fjellskjæring"

Transkript

1 Aukra kommune Arkivsak: 2014/ Arkiv: 8/4 Saksbeh: Kjartan Sveinung Tangen Dato: Saksframlegg Utv.saksnr Utval Møtedato 5/15 Drift og arealutvalet Søknad frå Odd Småge AS/Romsdalsfisk AS om dispensasjon frå reguleringsplan Rindarøy fiskerihamn for utsprenging av fjellskjæring Rådmannen si tilråding: Med heimel i plan- og bygningslova sine 19-1, 19-2 og 19-4 gir Drift- og arealutvalet dispensasjon frå reguleringsplan Rindarøy fiskerihamn for utsprenging av fjellskjæring. Føremålet er å sluttføre tiltak godkjent i Drift- og arealutvalet, sak 21/12, å sikre skjæringa og å gi skjæringa ei betre utforming enn i dag. Sprenginga vil skje inn mot ny grenseline fastsett av Romsdal Jordskifterett. Det blir også gjeve løyve til å ta ned murkonstruksjonen for dammen, heilt eller delvis. Vilkår for dispensasjonen: Fjerning av murkonstruksjonen for dammen, med unntak av den delen som ligg på Romsdalsfisk AS sin eigedom, krev samtykke mellom grunneigarane. Avtale skal sendast kommunen før fjerning. For sprengingsarbeidet og eventuell fjerning av murkonstruksjonen på Romsdalsfisk AS sin eigedom, skal det sendast kommunen nærare utgreiing om tenkt gjennomføring og tiltak for eventuelt å utbetre påført skade, før arbeidet kan starte. Grunnlag for vedtaket: Reguleringsplan for Rindarøy fiskerihamn med føresegner. Omsøkte tiltak har i gjeldande reguleringsplan status som veggrunn. Tiltaket er i samsvar med nyleg gjennomført grensejustering frå jordskifteretten, og med forslag til ny reguleringsplan Rindarøy med høyringsfrist 19/ Sjå eige vedlegg om høve til å klage på vedtaket. Saksprotokoll i Drift og arealutvalet

2 Behandling Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedtatt Vedtak Med heimel i plan- og bygningslova sine 19-1, 19-2 og 19-4 gir Drift- og arealutvalet dispensasjon frå reguleringsplan Rindarøy fiskerihamn for utsprenging av fjellskjæring. Føremålet er å sluttføre tiltak godkjent i Drift- og arealutvalet, sak 21/12, å sikre skjæringa og å gi skjæringa ei betre utforming enn i dag. Sprenginga vil skje inn mot ny grenseline fastsett av Romsdal Jordskifterett. Det blir også gjeve løyve til å ta ned murkonstruksjonen for dammen, heilt eller delvis. Vilkår for dispensasjonen: Fjerning av murkonstruksjonen for dammen, med unntak av den delen som ligg på Romsdalsfisk AS sin eigedom, krev samtykke mellom grunneigarane. Avtale skal sendast kommunen før fjerning. For sprengingsarbeidet og eventuell fjerning av murkonstruksjonen på Romsdalsfisk AS sin eigedom, skal det sendast kommunen nærare utgreiing om tenkt gjennomføring og tiltak for eventuelt å utbetre påført skade, før arbeidet kan starte. Grunnlag for vedtaket: Reguleringsplan for Rindarøy fiskerihamn med føresegner. Omsøkte tiltak har i gjeldande reguleringsplan status som veggrunn. Tiltaket er i samsvar med nyleg gjennomført grensejustering frå jordskifteretten, og med forslag til ny reguleringsplan Rindarøy med høyringsfrist 19/ Sjå eige vedlegg om høve til å klage på vedtaket. Vedlegg Oversiktskart Situasjonskart Utsnitt gjeldande reguleringsplan Foto Brev frå Svein Elias Lillebø datert 04/ Fråsegn frå fylkeskonservatoren datert 28/ Særutskrift: Odd Småge AS, Nyjordvegen 190, 6480 Aukra Romsdalsfisk AS, Rindarøy, 6480 Aukra Svein Elias Lillebø, Steinvågvegen 44 A, 6005 Ålesund Gro Lillebø, Nedre Flatåsveg 40 A, 7099 Flatåsen Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkeshuset, 6404 Molde Saksopplysningar: Søknaden gjeld dispensasjon frå reguleringsplan Rindarøy fiskerihamn for utsprenging av fjellskjæring. Ny reguleringsplan for området er under utarbeiding, men trongen for snarast

3 mogleg å få gjennomført naudsynt sikring og forskjønning, gjer at det blir søkt om dispensasjon for dette. Plangrunnlag: Rindarøy fiskerihamn. Planføremålet er delvis kombinert føremål massetak/køyreveg. Nabomerknader/fråsegn frå andre mynde: Det har kome nabomerknader til saka. Merknaden kjem frå Svein Elias Lillebø, og har følgjande hovudpunkt: Lillebø opplyser at nabovarselet vart sendt til feil adresse. Han er ikkje heimelshavar til gnr. 8/8. Merknadsfristen vart difor forlenga. Tiltaket er søkt gjennomført i eit område som er midt i ein planprosess for ny reguleringsplan for Rindarøya. Det vil utelukke alternative løysingar for området og bør difor utsetjast til reguleringsplanen er ferdig handsama og stadfesta. Fylkesmannen må uttale seg om dette. Montering av sikkerhetsgjerde på toppen av skjæringa må gjennomførast. Det går ikkje fram av mottatt nabovarsel (berre eitt snitt) korleis avslutning mot eksisterande murkonstruksjon i damanlegget er tenkt utført. Søknaden er sendt på høyring til Møre og Romsdal fylkeskommune, fylkesmannen i Møre og Romsdal og Statens vegvesen Region midt for fråsegn ved brev av 30/ Innan merknadsfristen på 4 veker har det kome følgjande fråsegner: Møre og Romsdal fylkeskommune: Fylkeskonservatoren viser til at så langt dei kan sjå, vil den planlagte utsprenginga berøre det gamle damanlegget som ligg like ved. Etter fylkeskonservatoren si vurdering bør grensa for sprenging og ny skjæring trekkast nokre meter lenger mot aust. Berget utanfor sjølve dammen bør også bevarast. Fylkesmannen i Møre og Romsdal: Ingen merknadar. Statens vegvesen Region midt: Ingen merknadar. Kommunens vurdering: Dispensasjon frå reguleringsplan Rindarøy fiskerihamn krev grunngjeven søknad. Dispensasjon kan ikkje gjevast dersom omsyna bak føresegnene det blir dispensert frå, eller omsyna i lova sitt føremål, blir vesentleg sett til side. I tillegg må fordelane ved å gje dispensasjon vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. I kvar einskild sak må omsyna planen skal ivareta vurderast opp mot dei særlege grunnane søkjaren har lagt fram. Det skal ikkje vere kurant å dispensere frå vedtekne planar som har vorte til gjennom ein lang prosess og vedtekne planar bør ikkje gjennom dispensasjonar miste si rolle som informasjons- og avgjerdsgrunnlag. Det er vidare ei grunnsetning i forvaltningsretten at like saker skal behandlast likt. Det vil likevel alltid vere vanskeleg å samanhalde saker. Sivilombudsmannen har uttalt at omsynet til likebehandling kan vere eit relevant moment i vurderinga av om lova sitt krav om særlege grunnar er oppfylt. Dette gjeld når det gjennom andre liknande dispensasjonssaker har utvikla seg ein praksis for når kommunen vel å dispensere. Søkjar har grunngjeve søknaden med følgjande moment: Den aktuelle skjæringa er ikkje sluttført i påvente av fastsetting av eigedomsgrense og ny reguleringsplan. Slik området framstår no, er det sjenerande for omgjevnadane og i stor grad usikra.

4 Søkjar si vurdering av mottekne merknadar til saka: Søkjar opplyser 04/ at nabovarsel til eigar av gnr. 8/8 vil bli sendt. Gjerde på toppen av skjæringa vil bli montert om lag 1 meter inn på gnr. 8/4, og er soleis deira eigedom og ansvar. Søkjar meiner at gjerde og sikring er innteikna i snitt, og meiner dette er ivaretatt, og ein bør sjå bort frå merknaden. Etter at Romsdal jordskifterett no har fastsett eigedomsgrensa, vil den gå 1 meter inn på damanlegget. Gjerdet vil difor ende i austkanten av dammen som vil vere urørt under føresetnadar av at det ikkje vil oppstå skadar som følgje av sprenging. Kommunen si vurdering: Fylkesmannen har i høyring stadfesta at dei ikkje har merknadar til saka. Kommunen har målt inn eigedomsgrensa på toppen av dammen. Grensa vil gå om lag 2,5 meter inn på dammen frå aust (ikkje 1 meter som oppgjeve frå søkar). Sjå vedlagt foto. Damkonstruksjonen som Møre og Romsdal fylkeskommune har omtala som kulturminne, er etter det kommunen kan finne ut, den 2. eller 3. dammen som har tent som vassforsyningsanlegg. Bilete frå 1954 i bygdebok for Aukra viser ein tidlegare, større dam. Noverande dam må soleis vere bygd i tida etter dette. Rindarøya fekk kommunal vassforsyning i 1972/1973. Noverande dam har truleg nesten ikkje vore i bruk. Kulturminneverdien av anlegget kan dermed vurderast som avgrensa. Dersom det er naudsynt for tiltakshavar å gjere sprenging inn til ny eigedomsgrense, 2,5 meter innover dammen frå aust, må det gjerast tiltak slik at resten av muren får stå mest mogleg urørt. Dette så lenge ikkje anna er avtala med nabo (Lillebø). Kommunen ber om at ansvarleg søkjar skisserer ei løysing for korleis dette kan gjennomførast. Føremålet er ells å sluttføre tiltak godkjent i Drift- og Arealutvalet, sak 21/12 og i tillegg sikre og gi skjeringa ei meir tiltalande utforming enn i dag. Sprenginga vil skje inn mot ny grenseline som no er fastsett av Romsdal Jordskifterett. Vidare saksbehandling: Delingssøknaden vil bli handsama i delegert sak i samsvar med vedtaket i dispensasjonssaka. Damanlegget: Slik dette framstår i dag, vil kommunen måtte vurdere om det er trong for å sikre damtoppen mot at uvedkomande kan komme seg utpå og falle ned. Det ligg også ein del avfall i botn av dammen som må fjernast. Kommunen vil komme attende med ei eiga sak på dette. Ingrid Husøy Rimstad Rådmann Kjell Lode Plansjef Rett utskrift Freddy A. Ræstad Politisk sekretær

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015 BREV MED NYHENDE 06/02/2015 Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015 Av advokat Anders Elling Petersen Johansen Bakgrunn Regjeringa har, etter eiga utsegn, ei målsetjing om å gjere

Detaljer

Høyring av søknad frå Voss Stein AS om driftskonsesjon for Grauo steinbrot i Voss kommune

Høyring av søknad frå Voss Stein AS om driftskonsesjon for Grauo steinbrot i Voss kommune Adresseinformasjon fylles inn ved ekspedering. Se mottakerliste nedenfor. Dato: 16.01.2015 Vår ref: 13/00714-5 Deres ref: Høyring av søknad frå Voss Stein AS om driftskonsesjon for Grauo steinbrot i Voss

Detaljer

Fråsegn om eksportløysing for olje og gass frå Johan Sverdrup feltet

Fråsegn om eksportløysing for olje og gass frå Johan Sverdrup feltet REGIONALAVDELINGA Statoil ASA Dato: 19.12.2014 Vår ref.: 2014/21388-5 Saksbehandlar: talhals Dykkar ref.: Fråsegn om eksportløysing for olje og gass frå Johan Sverdrup feltet Vi viser til brev datert 22.09.2014

Detaljer

SKYSSREGLEMENT FOR VIDAREGÅANDE SKOLE I MØRE OG ROMSDAL

SKYSSREGLEMENT FOR VIDAREGÅANDE SKOLE I MØRE OG ROMSDAL SKYSSREGLEMENT FOR VIDAREGÅANDE SKOLE I MØRE OG ROMSDAL Skoleskyssen er den daglege transporten mellom bustad og opplæringsstad. Det er fylkeskommunen som er ansvarleg for skoleskyssen. Fylkeskommunen

Detaljer

Møtebok for Kommunestyret i Radøy

Møtebok for Kommunestyret i Radøy Radøy kommune Møtedato: 12.06.2014 Møtested: Kommunestyresalen Møtetid: 18:00 Møtebok for Kommunestyret i Radøy Møtedeltakarar Parti Rolle Jon Askeland SP Ordførar Morgan Taule AP Medlem Kirsti Gjetle

Detaljer

Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke Frå forvaltning til utvikling?

Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke Frå forvaltning til utvikling? Notat nr. 9/2007 Jørgen Amdam, Johan Barstad, Finn Ove Båtevik og Geir Tangen Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke Frå forvaltning til utvikling? 2007 VOLDA Prosjekttittel Prosjektansvarleg Prosjektleiar

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh. Naturutvalet 26.11.2014 069/14 RLØ Kommunestyret 17.12.

SAKSFRAMLEGG. SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh. Naturutvalet 26.11.2014 069/14 RLØ Kommunestyret 17.12. SAMNANGER KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Ragnhild Lønningdal Arkivkode: FA-M16 Arkivsaksnr: 11/149 Løpenr: 14/6899 Sakstype: Politisk sak SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh.

Detaljer

Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole. Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland

Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole. Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland 2 Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole Innholdsfortegnelse Innleiing... 3 KAPITTEL

Detaljer

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Fra Forskrift til Opplæringslova: Fra Forskrift til Opplæringslova: 5-1. Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- /sveineprøver og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering.

Detaljer

Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule

Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Rogaland fmropost@fylkesmannen.no 19. desember 2014 Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule Vi viser til vedtak gjort av Fylkesmannen i Rogaland 17.11.2014,

Detaljer

FORSKRIFT OM FELLES ORDENS- OG ÅTFERDSREGLEMENT VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I HORDALAND FYLKESKOMMUNE

FORSKRIFT OM FELLES ORDENS- OG ÅTFERDSREGLEMENT VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I HORDALAND FYLKESKOMMUNE FORSKRIFT OM FELLES ORDENS- OG ÅTFERDSREGLEMENT VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I HORDALAND FYLKESKOMMUNE Revidert juli - 2011 Innhald Hovudområde: Underområde: Side: Heimel 2 1 Formål 2 2 Virkeområde 2 3

Detaljer

REGLEMENT I ORDEN OG ÅTFERD FOR ELEVAR VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I MØRE OG ROMSDAL FYLKE

REGLEMENT I ORDEN OG ÅTFERD FOR ELEVAR VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I MØRE OG ROMSDAL FYLKE REGLEMENT I ORDEN OG ÅTFERD FOR ELEVAR VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I MØRE OG ROMSDAL FYLKE Fastsett av fylkestinget i Møre og Romsdal fylkeskommune den 15.06.2010 sak T 29-10 med slikt vedtak: 1. Reglement

Detaljer

Oversikt over interkommunalt samarbeid

Oversikt over interkommunalt samarbeid Oversikt over interkommunalt samarbeid Hjartdal kommune Forvaltningsrevisjonsrapport nr: 727 004 2007 Innhald Samandrag...iii 1 Innleiing...1 1.1 Bakgrunn...1 1.2 Problemstillingar...1 1.3 Avgrensing...1

Detaljer

Lov for SA Naustdal Båtlag

Lov for SA Naustdal Båtlag Lov for SA Naustdal Båtlag Vedteke på årsmøte 26. mars 2015 1 Laget sitt namn Laget sitt namn er SA Naustdal Båtlag, forkorta SA N.B.L 2 Forretningskontor SA Naustdal Båtlag skal ha forretningskontor i

Detaljer

Retningslinjer for lån til barnehagar frå Husbanken

Retningslinjer for lån til barnehagar frå Husbanken HB 7.B.4 (N) Mars 2014 Retningslinjer for lån til barnehagar frå Husbanken 1 Formål Barnehagelån skal medverke til å dekkje behovet for gode barnehagar. Barnehagelånet skal fremje kvalitet i det fysiske

Detaljer

Økonomihåndboka. Møre og Romsdal fylkeskommune. del 2 av 2. Siste hovedoppdatering: 18.01.2008. Økonomiseksjonen

Økonomihåndboka. Møre og Romsdal fylkeskommune. del 2 av 2. Siste hovedoppdatering: 18.01.2008. Økonomiseksjonen Økonomihåndboka del 2 av 2 Siste hovedoppdatering: 18.01.2008 Møre og Romsdal fylkeskommune Økonomiseksjonen Møre og Romsdal fylkeskommune Økonomihandboka del 2 FORORD Økonomihandboka er eit hjelpemiddel

Detaljer

Eksempelsamling med kommentarar. Styringsdokumenta instruks for økonomiog verksemdsstyring og tildelingsbrev frå departement til verksemd

Eksempelsamling med kommentarar. Styringsdokumenta instruks for økonomiog verksemdsstyring og tildelingsbrev frå departement til verksemd Eksempelsamling med kommentarar Styringsdokumenta instruks for økonomiog verksemdsstyring og tildelingsbrev frå departement til verksemd SSØ 01/2011, 1. opplag 1000 eks. Forord God statleg styring føreset

Detaljer

Kunden og BIR. Rettleiar til forskrift om handtering av avfall frå hushald

Kunden og BIR. Rettleiar til forskrift om handtering av avfall frå hushald Kunden og BIR Rettleiar til forskrift om handtering av avfall frå hushald 1 Innhald Om BIR... 3 Formålet med rettleiaren... 4 Korleis rettleiaren er bygd opp... 4 Kapittel 1: Innleiande informasjon...

Detaljer

Sluttrapport frå den kommunale oppreisingsordninga i Sogn og Fjordane

Sluttrapport frå den kommunale oppreisingsordninga i Sogn og Fjordane Sluttrapport frå den kommunale oppreisingsordninga i Sogn og Fjordane 1.1.2011 1.1.2013 www.sfj.no Innhald 1. Innleiing/samandrag... 2 2. Bakgrunn... 3 3. Rammer for oppreisingsordninga... 3 3.1 Ansvarsgrunnlag...

Detaljer

Nytt symjeanlegg på Voss. Forslag frå Symjegruppa i Voss Idrottslag

Nytt symjeanlegg på Voss. Forslag frå Symjegruppa i Voss Idrottslag Nytt symjeanlegg på Voss Forslag frå Symjegruppa i Voss Idrottslag Voss 21 oktober 2008 Bakgrunn/Historikk I september 2006 vart det sett ned ei arbeidsgruppe i kommunal regi som skulle greia ut spørsmålet

Detaljer

VILKÅR FOR MELLOMBELS DISPENSASJON

VILKÅR FOR MELLOMBELS DISPENSASJON LOV OG FORSKRIFTER VILKÅR FOR MELLOMBELS DISPENSASJON Kommunen kan, etter søknad frå barnehageeigar, innvilge mellombels dispensasjon frå utdanningskravet for styrar og pedagogisk leiar for inntil eitt

Detaljer

KVAM HERAD. I/PÅ (namn). (gnr/bnr)

KVAM HERAD. I/PÅ (namn). (gnr/bnr) KVAM HERAD NOTAT FRÅ OPPSTARTSMØTE DEN.. (dato) REGULERING I/PÅ (namn). (gnr/bnr) Gjennomføring av oppstartsmøte er ei lovpålagd oppgåve jf. plan- og bygningslova 12-8. Møtet skal haldast før kunngjering

Detaljer

Veileder for behandling av søknader om permisjon fra den pliktige opplæringen

Veileder for behandling av søknader om permisjon fra den pliktige opplæringen Veileder for behandling av søknader om permisjon fra den pliktige opplæringen Vedtatt 23.04.2014, jf. 2 11 i opplæringsloven. 1 Veileder for behandling av søknader om permisjon fra den pliktige opplæringen,

Detaljer

AU - Nasjonalparkstyre for Reinheimen

AU - Nasjonalparkstyre for Reinheimen Arbeidsutvalet Utvalg: Møtested: Telefon Dato: 22.03.2013 Tid: 10:00 11:30 Del 2 1 Saksliste Saksnr Innhold Lukket PS 9/13 Arild Fallingen. Søknad om bruk av snøskuter - retur av utstyrskasser. 2 Saksutredning

Detaljer

Handlingsplan mot mobbing på Strand vgs. Opplæringsloven 9a-3,2ledd

Handlingsplan mot mobbing på Strand vgs. Opplæringsloven 9a-3,2ledd Handlingsplan mot mobbing på Strand vgs Opplæringsloven 9a-3,2ledd Godkjent av leiinga sep. 2010 Revidert juni 2014 Føreord av rektor: Mobbing skjer dessverre på kvar einaste skule. Konsekvensane av å

Detaljer

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Skulen har nulltoleranse i forhold til mobbing, både verbalt, non-verbalt, digitalt og fysisk. Skulen aksepterer heller ikkje rasisme, vald,

Detaljer

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-18 Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter 3-9 i opplæringslova

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-18 Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter 3-9 i opplæringslova Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-18 Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter 3-9 i opplæringslova Skule Kontaktperson Namn på søkjar Kommune Telefon Personnummer

Detaljer

KORTVERSJON KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR VOLDA KOMMUNE 2012-2015

KORTVERSJON KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR VOLDA KOMMUNE 2012-2015 KORTVERSJON KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR VOLDA KOMMUNE 2012-2015 Kommunal planstrategi 2012 2015 er ei prioritering av Volda kommune sitt planarbeid dei næraste åra. Kortversjon kommunal planstrategi for

Detaljer

Ny bruk av ledige landbruksbygg Ei handbok for deg med planar om gjenbruk av garden sine bygningsressursar

Ny bruk av ledige landbruksbygg Ei handbok for deg med planar om gjenbruk av garden sine bygningsressursar Ny bruk av ledige landbruksbygg Ei handbok for deg med planar om gjenbruk av garden sine bygningsressursar Eksisterande bygning Nybygg Eksisterande bygning Purkeskinnet i Gausdal, Oppland. Stabbur og våningshus

Detaljer