Middle East Girl s Football Festival I Jordan Dei 9 dagane som gjekk så alt for fort

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Middle East Girl s Football Festival I Jordan Dei 9 dagane som gjekk så alt for fort"

Transkript

1 Middle East Girl s Football Festival I Jordan Dei 9 dagane som gjekk så alt for fort Frå november tok eg og 15 andre jenter turen til Amman i Jordan. Festivalen er eit tiltak i regi av NFF og UD, og kjem i stand gjennom samarbeid med fotballforbundet i Jordan. Deltakarane er jenter i alderen år, og målsetjinga er, forutan å dele erfaringar og få fotballfagleg påfyll, å skape kulturell forståing og venskap på tvers av grenser. Både Iran, Irak, Jordan, Libanon, Palestina og Noreg deltok på festivalen. Turen starta på gardemoen då 16 spente jenter møtte kvarandre for fyste gong. Me tok vi fly til Istanbul før reisa gjekk vidare til Amman. På flyet blei me stadig betre kjende med kvarandre, og me gledde oss alle saman til å kome fram. Sjølv om reisa i tid, blei ganske så lang, gjekk turen likevel kjapt. Me hadde mykje å snakke om, og alle sklei fort inn med kvarandre. Me kom seint til hotellet, og var trøytte då me kom fram. På reisa frå flyplassen med buss til hotellet, fekk me ei tidleg oppleving av kva som kom i vente, då me såg både esel og kamel. Me blei positivt overraska av standaren på hotellet. I lobbyen var det ei stor sofagruppe med peis og varme, matsalen var koseleg med bra standar, og romma var store og flotte. Me åt til saman 3 måltid for dagen, og i tillegg hadde me knekkebrød og pålegg tilgjengeleg dersom vi hadde lyst på meir mat. Som sagt kom me ned fredag 18. november, men festivalen begynte ikkje før søndags kveld, 21.november. På laurdag stod me opp til overskya vær og tok turen ut i ørkenen. Også denne reisa var lang, så når me var framme var det allereie mørkt. Me fekk i grunn litt sjokk då me såg at me skulle tilbringe natta i telt, men humøret var likevel på topp. Heldigvis skulle me ikkje sove på bakken. Inni telta var det innreia med senger og dyner, så i grunn var det heilt ok. Me hadde også eit lite hus med toalett og vatn som var tilgjengeleg. Ut på kvelden fekk me mat og drikke, og me fekk oppleve eit liksom-bryllaup samt dans og song. Bortsett frå at det var ganske kaldt på kvelden, og i telta på natta, hadde me ein kjempefin kveld med mange opplevingar.

2 På søndagen var det jeepsafari og kamelriding som stod for tur. Me stod opp til sol og fint vær klokka 6 om morgonen, og for dei sprekaste var treningsøkta allereie unnagjort (Martine, Sandra og Kaja). Me spaserte opp på eit fjell som låg like bak campingplassen, og utsikten samt soloppgangen var ubeskriveleg flott. Etter ein god frukost var vi klare for safari. Vi køyrte rundt i ørkenen og stoppa med jamne mellomrom for å ta bilde og for å sjå oss rundt. Det eine stoppet blir minne for livet! Sola steikte og himmelen var knallblå, og på bakken låg det 3 kamelar klare til å ta jentene på rundtur. Alle ville sjølvsagt prøve kamelane, og dette er noko vi seint vil gløyme. Etter ein liten gåtur i varmen, smakte det svært godt med lunsj i sola. Etter ei fantastisk oppleving i ørken var det tid for å reise tilbake til hotellet. Der venta alle dei andre nasjonane og det var klart for opningsseremoni. Alle spelarane fekk tidleg kontakt med kvarandre, og etterkvart som dagane gjekk, knytte me sterke band. Me blei delte inn slik at det var 2 spelarar frå alle nasjonane på kvar gruppe, og det var totalt 8 grupper. 3 av dagane spelte me også kamp. Gruppa mi vann 2 av 3 kampar, og eg blei svært imponert over at enkelte spelarar kunne utvikle seg så mykje i løpet av eit par dagar med treningar og kampar. Nivået var ikkje særleg å skryte av for å seie det sånn. Jentene frå Iran var veldig gode, medan dei andre nasjonane hang litt etter. Sjølv om enkelte var betre enn andre, så lærde me likevel mykje av kvarandre. I tillegg til at det var spelarar frå andre land på gruppa mi, hadde me også 2 utanlandske trenarar som snakka persisk og arabisk. Dei forklarte nokre gongar på engelsk, men mesteparten av treningane og kamptaktikkane gjekk føre seg på arabisk. Sjølv om eg og Rezarta (romkameraten min frå Porsgrunn) verken kunne arabisk eller persisk, klarde me likevel å skjønne og forstå, på grunn av at trenarane var flinke til å vise døme på øvingar i treningsøkta. Treningane var i grunn ganske rolege, men dei var svært lærerike. Me lærde nye øvingar og andre morosame aktivitetar, som eg vil ta med meg vidare.

3 Det eg synest var det artigaste, var kampane. Då skulle gruppa vår prøve seg mot andre grupper, noko som var veldig interessant. Det var gode prestasjonar og dårlege prestasjonar. Vi såg og lærde av dette, slik at me kunne bli enda betre både som lag og som individuelle. Etter kampane var trenarane anten veldig glade, eller så hang dei med leppa. Dei hadde nemleg eit svært høgt konkurranseinstinkt. Før kampane kom dei rundt og sa: We must win, we must win!. Ettersom vi tapte den eine kampen, var det ikkje så mykje prat frå dei på bussen heim til hotellet. Sjølv om kampane gjekk bra eller dårleg, var det ingen av spelarane som brydde seg, fordi at alle som deltok på festivalen, var der for å lære. Når me var ferdig med å spele fotball for dagen, brukte dei norske jentene tida på å sjå i butikkar i gatene, eller tilbringe tid saman med dei andre nasjonane. Det var i grunn ikkje så mykje tid til overs for å vere heilt ærleg. Einaste gongen me hadde privattid, var på kveldane etter middagen. Ein vanleg dag gjekk slik: stå opp frukost trening lunsj kamp dusje middag kveld. På onsdag 23.november tok alle nasjonane turen til Dødehavet. Nok ein dag med sol, blå himmel og varme. Kunne ikkje fått det betre. Me stoppa på eit hotell som var ekstremt vakkert. Der hadde me moglegheit for å bade i det salte vatnet etterfylgt av avslapping på ei solseng, om ein skulle ynskje det. Med ein gong me kom, kasta eg meg uti. Ein skulle ikkje tru det, men det var omtrent fysisk umogleg å bade vanleg med beina nedover. Eg la meg på magen og flaut som eit oppblåsbart badedyr. Fantastisk oppleving! Den norske nasjonen var ved Dødehavet til sola gjekk ned, medan dei andre landa reiste tidlegare tilbake på hotellet. Vi hadde det heilt utruleg og koste oss heilt til den siste solstrålen forsvann bak fjella.

4 Dei 9 dagane gjekk så alt for fort. Plutseleg var opphaldet over, og no sit me att med mykje ny kunnskap og mange minner me aldri vil gløyme. Me lærde å respektere både menneskjer, religionar og kulturar. Ja, mange spelte med hijab, og dei frå Iran måtte til og med spele med nikkers, høge sokkar og genserar som gjekk heilt ut til hånleddet på grunn av religion. Men me fekk ikkje berre kunnskap frå dei andre nasjonane. Også Noreg hadde mykje å by på. Per Ravn Omdal (tidlegare president i Noregs Fotballforbund og har hatt viktige nasjonale verv i UEFA og FIFA) stod for møter og talar der han forklarde om kvinnefotball i Noreg og andre land. Dersom Fotballforbundet ikkje hadde kome seg ned til Midtausten med festivalar og liknande, hadde det mest sannsynleg ikkje vore slik at jenter og gutar kan spele fotball på same bane. For slik var det nemleg ikkje før. Ikkje nok med Per, men me fekk også møte ambassadøren i Jordan, og det er ikkje kvardagskost. Heilt til slutt vil eg takke Sogn og Fjordane Fotballkrets samt Noregs Fotballforbund for at akkurat eg fekk lov til å oppleve dette eventyret som ingen kan førestille seg.

Å leve av og med naturen.

Å leve av og med naturen. Vilt, vakkert og vått. Eidfjord og Hardanger var eit naturleg utgangspunkt for the Dale Oen Experience sin første tur. Tolv utvalde skuleungdomar frå Hordaland fekk ei oppleving heilt i Alexander og Robin

Detaljer

«Så bra.» Gjertrud plukka opp den store panna og dumpa den ned i såpevatnet. Det skvulpa opp og danna ein stor våt flekk på genseren hennar.

«Så bra.» Gjertrud plukka opp den store panna og dumpa den ned i såpevatnet. Det skvulpa opp og danna ein stor våt flekk på genseren hennar. Brotet Himmelen var lyseblå under eit tynt slør av kvitt. Sola dirra bak skydekket, lågt på himmelen og kasta svake stråler ned mot byen. Det var kaldt det var alltid kaldt når lokket av tjukke regnskyar

Detaljer

Eg har det på tunga : Å snakke seg til innsikt

Eg har det på tunga : Å snakke seg til innsikt Eg har det på tunga : Å snakke seg til innsikt Førsteamanuensis Liv Engen (Samtale mellom tre gutar på femte trinn) Platon synest at sånn derre demokrati var bra. Han ville at alle skulle snakke på likt.

Detaljer

Har du nokon å snakke med om dette?

Har du nokon å snakke med om dette? Utpostens dobbelttime Har du nokon å snakke med om dette? Jørgen Roll-Hansen intervjuet av lisbeth homlong Jørgen Roll-Hansen kom til Ørsta som turnuskandidat i 1979. Og her, med sunnmørsalpane som næraste

Detaljer

Historia der vi får møte Anna for første gong, og den skumle elggjengen som inntek Kongleriket

Historia der vi får møte Anna for første gong, og den skumle elggjengen som inntek Kongleriket Historia der vi får møte Anna for første gong, og den skumle elggjengen som inntek Kongleriket Historia om korleis Kongleriket adopterte eit tvillingpar frå Afrika 1 Anna Anna bur saman med pappaen sin

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Bygdebrev nr 8. til alle husstandane i vinje skulekrins desember 2013

Bygdebrev nr 8. til alle husstandane i vinje skulekrins desember 2013 Bygdebrev nr 8 til alle husstandane i vinje skulekrins desember 2013 Ei bygd i utvikling! Det er absolutt liv i Vinje. Siste året har det vore mykje aktivitet rundt i bygda vår, og vinbygjane syner at

Detaljer

Eg sender ein rapport om dei STORE hendingane i året som er slutt. Forteljinga er i tolv bolkar, så du må vere tolmodig.

Eg sender ein rapport om dei STORE hendingane i året som er slutt. Forteljinga er i tolv bolkar, så du må vere tolmodig. Idrettsåret 2006! Eg sender ein rapport om dei STORE hendingane i året som er slutt. Forteljinga er i tolv bolkar, så du må vere tolmodig. Januar Starta friskt med tur på Auskjeret 1. nyttårsdag.gradestokken

Detaljer

I dag er starten på resten av K15. www.t-dagen.no. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

I dag er starten på resten av K15. www.t-dagen.no. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell K15 I dag er starten på resten av livet www.t-dagen.no Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen trus pplæringsdagen i Fjell Eg trur på Gud Fader... Velkomen heim! Innimellom kan foreldre vere ei utfordring!

Detaljer

Det nytter. Skuleinterne tiltak

Det nytter. Skuleinterne tiltak Det nytter Skuleinterne tiltak 2 Tiltak for auka gjennomføring I skuleåret 2012-13 var det til saman 28 skular som fekk tilskot til skuleinterne tiltak. 1161 elevar deltok i tilbodet. På dei fleste skulane

Detaljer

Vi ønsker å takke Fritt Ord for støtte til boka. God lesning, Emil Johan Wilmar. Oslo, 06.12.2013. Side 2

Vi ønsker å takke Fritt Ord for støtte til boka. God lesning, Emil Johan Wilmar. Oslo, 06.12.2013. Side 2 Side a Side b Innledning Denne boka handler om kjønn og mennesker som lever med kjønn på måter som ikke passer inn i heteronormativiteten. Alle menneskene i denne boken bryter på forskjellige måter normene

Detaljer

Gå ut og gjer disiplar

Gå ut og gjer disiplar Gå ut og gjer disiplar - om å vekse til modne kristne Innleiing: Denne undervisninga er berre 35 minutt då resten av samlinga siste leiarskule skal vere saman med leiarskulen for forsamlingsarbeid. Vi

Detaljer

KVIFOR ER DET FEIL I DET NYE NORSKVERKET VÅRT? KOR MANGE FEIL KAN VI FINNE I LØPET AV SKULEÅRET?

KVIFOR ER DET FEIL I DET NYE NORSKVERKET VÅRT? KOR MANGE FEIL KAN VI FINNE I LØPET AV SKULEÅRET? KVIFOR ER DET FEIL I DET NYE NORSKVERKET VÅRT? KOR MANGE FEIL KAN VI FINNE I LØPET AV SKULEÅRET? 2 Vi som går i 6. klasse ved Tokke skule, fekk i år eit nytt norskverk: Ord for alt 6, nynorsk utgåve. Dette

Detaljer

Kva folk trudde før og no

Kva folk trudde før og no Kva folk trudde før og no Menneskja har alltid hatt ein trong til å forstå og tolke det dei opplever og ser rundt seg. Det kan vere merkelege hendingar som synest uforståelege, og som ein prøver å finne

Detaljer

Innlandskrabber på kvalfangst årsaker og omfang

Innlandskrabber på kvalfangst årsaker og omfang Foredrag på Gudbrandsdalsseminaret 2013 Innlandskrabber på kvalfangst årsaker og omfang Av Per Ottesen Når eg fortel at innlandskommunane, kanskje særleg i Oppland og Telemark, hadde store skatteinntekter

Detaljer

VI KJENNER NOEN FORENINGEN FOR MUSKELSYKE

VI KJENNER NOEN FORENINGEN FOR MUSKELSYKE VI KJENNER NOEN EN BROSJYRE FRA LIKEMANNSUTVALGET I FORENINGEN FOR MUSKELSYKE 2007 Annie, Krokelvdalen Diagnose: CMT Å leve med en muskelsykdom gir oss mange utfordringer små som store. For de som opplever

Detaljer

slik at Temaparken, Bulandet i fortid og notid, kom på kartet. Gjennom bilete, ord og gjenstandar har vi fått fortalt historia vår,

slik at Temaparken, Bulandet i fortid og notid, kom på kartet. Gjennom bilete, ord og gjenstandar har vi fått fortalt historia vår, MED TEMAPARKEN GJENNOM 20 ÅR Vær helsa jubilant! 20 års fartstid har gått so fort, mykje har vore gjort, både smått og stort. Som med det meste, starta også dette i det små, men mange bekkar vert som kjent

Detaljer

Dunker-ringens Påskrik nr. 36 desember 2006

Dunker-ringens Påskrik nr. 36 desember 2006 Dunker-ringens Påskrik nr. 36 desember 2006 Er du ute i naturen, f.eks. på jakt, får du mange opplevelser du aldri ville fått ellers. Her har Hallvard Hegna foreviget et nydelig høstlandskap. 2 Formannen

Detaljer

Ivar Aasen nynorskens far

Ivar Aasen nynorskens far Nettopp norsk Ivar Aasen nynorskens far Av Lars Sigurdsson Vikør forkorta og tilrettelagt av Elisabeth Smith Bakgrunn og oppvekst Ivar Aasen (1813 1896) vart fødd den 5. august i Hovdebygda i Ørsta på

Detaljer

Barterapi. B: Denne kunden er nok under diagnosen: Sterkt depressiv og trur at verda hatar ein. Best å gi han ein behandling med min spesielle drink.

Barterapi. B: Denne kunden er nok under diagnosen: Sterkt depressiv og trur at verda hatar ein. Best å gi han ein behandling med min spesielle drink. Skreve av Kristina Hatlevoll A: Mann B: Bartender Barterapi Sceneteppe går opp og me for sjå ein bardisk (noko enkelt laga av papp) der det står ein bartender bak og tørkar eit glas med ein kvit tørkehandduk.

Detaljer

En samling minner fra fjell-garden Brattebø

En samling minner fra fjell-garden Brattebø En samling minner fra fjell-garden Brattebø Brattebø Brattebø er en fraflyttet fjell-gard siden 1924. Den ligger i heia nordenom Ørsdalen i Bjerkreim. Aaland Gård, november 2010 Paul Tengesdal 1 Barndomsminner

Detaljer

Inger Lise. Beste helsing frå

Inger Lise. Beste helsing frå S å takksam eg er for at eg endå eingong kan spela inn eit album. Denne gongen med nye historiar og meir levd liv å skrive om. Små og store augneblink i kvardagen inspirerer meg til å uttrykkje meg gjennom

Detaljer

Kven skal bera børene? KPI-Notat 2/2006. Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge

Kven skal bera børene? KPI-Notat 2/2006. Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge KPI-Notat 2/2006 Kven skal bera børene? Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Ca. 65000 menneske er i

Detaljer

Ulikskapens magre kår eit eit hinder for god stadsutvikling? Ulikhetens magre kår Ulikhetens magre Eksempel I: J g er me

Ulikskapens magre kår eit eit hinder for god stadsutvikling? Ulikhetens magre kår Ulikhetens magre Eksempel I: J g er me Ulikskapens magre kår eit hinder for god stadsutvikling? Rådgjevar Eli Janette Fosso Fylkesmannen i Hordaland, Landbruksavdelinga Ulikhetens magre kår Eksempel I: Jeg er mektig lei li av alle ll kjenner

Detaljer

nr.2 Kyrkjeblad for Gloppen mars 2015 Årgang 45 Han har stått opp!

nr.2 Kyrkjeblad for Gloppen mars 2015 Årgang 45 Han har stått opp! nr.2 Kyrkjeblad for Gloppen mars 2015 Årgang 45 Han har stått opp! Påske 2015 Vi serverer med dette eit fyldig påskenummer. Med temaet «Han har stått opp», kan det bli mange sider. Vi takkar flinke bidragsytarar!

Detaljer

Sommartur til Sverige,

Sommartur til Sverige, Sommartur til Sverige, 7 dagarstur med avreise 30. juni 2015, Storby, «glasriket» i Småland og grensehandel På denne turen skal vi i tillegg til Stockholm og Gøteborg, mellom anna innom salmediktaren Lina

Detaljer

På flukt som jaget vilt!

På flukt som jaget vilt! Krigsminner: På flukt som jaget vilt! Far og datter, Jonas og Alfhild Vaule, flykter mens kulene hagler om øra * Her fortelles det om dramatiske hendelser i Bjerkreim: Jonas Vaule og hans kone Inga var

Detaljer

Om skriftspråket vårt

Om skriftspråket vårt Ivar Aasen Om skriftspråket vårt Omsett frå dansk med merknader av Ottar Grepstad 1. Etter at fedrelandet vårt på ny er blitt slik det ein gong var, nemleg fritt og sjølvstendig, må det vere om å gjere

Detaljer