Retningslinjer for lån til barnehagar frå Husbanken

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Retningslinjer for lån til barnehagar frå Husbanken"

Transkript

1 HB 7.B.4 (N) Mars 2014 Retningslinjer for lån til barnehagar frå Husbanken 1 Formål Barnehagelån skal medverke til å dekkje behovet for gode barnehagar. Barnehagelånet skal fremje kvalitet i det fysiske inne- og utemiljøet med særleg fokus på universell utforming, tryggleik og funksjonalitet. 2 Kven kan få barnehagelån Lån kan gjevast til: a) kommunar b) einskildpersonar c) selskap, stiftingar o.l. som skal eige og drive barnehagen. Det kan ikkje gjevast lån til statleg åtte barnehagar, etatar og forvaltningsbedrifter. Husbanken går ut frå at lånsøkar har økonomisk evne til å handtere lånet, og at dette kan dokumenterast. Søknaden kan verte avslegen dersom banken meiner lånsøkar ikkje vil klare framtidige betalingsplikter. 3 Prioritering Søknader om barnehagelån skal handsamast i den rekkefølgja dei kjem inn i til Husbanken. Søknader frå kommunar om lån til barnehagar skal visast vidare til Kommunalbanken og skal ikkje prioriterast. 4 Kva det kan gjevast lån til Tilsegn/vedtak om lån krev at det er tilgjengelege budsjettmidlar. Lån kan gjevast til: a) oppføring av barnehagar b) tilbygg til barnehagar c) kjøp og utbetring av bygning eller del av bygning som vert teke i bruk som barnehage d) utbetring av barnehagar som er eldre enn 15 år. Lån kan også gjevast uavhengig av barnehagens alder, dersom låneformålet enten er å betre eit dårleg inneklima eller å gi betre tilrettelegging for funksjonshemma.

2 Med barnehage forstår vi tilbod som er godkjent etter barnehagelova. Likestilt med barnehagar etter denne forskrifta er lokale til skolefritidsordning. Det kan gjevast lån dersom lokala vert nytta til barnehageformål minst 20 timar i veka. Kommunen må ha tilrådd prosjektet/lånsøkar. Dette medfører at kommunen skal uttale seg om behovsvurdering, driftsgrunnlag og driftsbudsjett i samanheng med barnehageplanane. Dersom det er utarbeidd kommunal barnehageplan, skal denne leggjast ved tilrådinga. Driftstilskot til barnehagen må vere vedteke i kommunens budsjett og økonomiplan. Det kan ikkje løyvast barnehagelån, dersom lånsøkar ikkje kan sannsynleggjere at han kjem til å setje i verk arbeidet innan 3 månader. Barnehagelån kan ikkje gjevast til ferdigstilte prosjekt eller refinansiering. 4.1 Generelt I kommunar der lovfesta rett til barnehageplass er oppfylt, skal Husbanken som hovudregel ikkje finansiere nye barnehagar. Unntak kan gjerast i situasjonar der barnehagen inngår i kommunens plandokument, der kommunen har gjennomført ei grundig behovsvurdering og det ligg føre skriftleg tilråding frå kommunen. 4.2 Arealmåling - arealbehov Areala skal målast etter Norsk Standard Bruksareal skal nyttast i denne samanheng. I følgje Lov om barnehagar, forskrift 12.1.a, skal barnas leike- og opphaldsareal fastsetjast når ein barnehage vert godkjend. I departementet sitt rundskriv om godkjenning av barnehagar vert det kommentert nærmare kva som normalt vert rekna inn i barna sitt leike- og opphaldsareal. Det er fastsett ei rettleiande norm på 4 m 2 netto leike- og opphaldsareal pr. barn ved heildagsopphald for barn over tre år og om lag 1/3 meir pr barn under tre år. Det er ikkje sagt noko om arealbehov til funksjonar utover leike- og opphaldsareal. Utearealet bør vere om lag 6 gonger leike- og opphaldsarealet inne Areal som skal finansierast Dersom barnehagen har nøktern utforming og standard, skal ein finansiere faktisk bruksareal (BRA). Faktisk areal er barnas leike- og opphaldsareal pluss nødvendig areal til drift av barnehagen. Areal på loft som skal nyttast til tekniske installasjonar, kan reknast med i faktisk areal. Det same gjeld uisolert bod, også når denne er frittståande. 4.3 Kostnader Husbanken gjennomfører ei konkret vurdering av kostnadene for kvart einskild prosjekt. Her vert det teke omsyn til spesielle forhold som har innvirknad på kostnadene, til dømes tomtepris, grunnforhold, tilpassing til eksisterande bygg, energisparande tiltak og miljøtiltak. Som hovudregel skal det innhentast anbod i konkurranse for å få marknaden si vurdering av kostnadene. Prosjekt med uakseptabel pris i forhold til kvalitet, lokalisering eller andre forhold som påverker prisen kan avslåast.

3 4.4 Universell utforming Ein god barnehage skal vere tilrettelagt for både barn, føresette og tilsette og utforminga skal reflektere dei ulike brukarperspektiva. Planlegging, lokalisering og bygging av barnehagar skal vere basert på prinsippet om universell utforming. For å få barnehagelån, må krava i TEK10 om universell utforming av publikumsbygg vere oppfylt. 5 Låneutmåling Ved vurdering av lån skal ein leggje prosjektkostnadene til grunn. Laust inventar og utstyr inngår i lånegrunnlaget og kostnadene for dette må spesifiserast særskilt. Ved kjøp av eksisterande bygning blir lånet utrekna ut frå kjøpesum med omkostningar. Lånet blir målt ut med inntil 100 prosent av godkjente kostnader inklusive meirverdiavgift. Når barnehagen/debitor søkjer om utbetaling skal det følgje ei sluttavrekning frå byggjelånsbanken, som viser kva som er innbetalt av refundert moms. Beløpet som vert utbetalt, blir lånebeløpet i tilsegnet med fråtrekk av refundert moms. Den del av momsrefusjonen som ikkje er refundert og kjem til utbetaling etter at lånet er utbetalt, skal gå til nedbetaling av husbanklånet. 6 Risikovurdering Husbanken vil vurdere risikoen i prosjektet. Vurderinga vert mellom anna basert på driftsbudsjett og pantetryggleik i prosjektet. Søknad om lån kan bli avslått, dersom ein vurderer at risikoen er høgare enn det som kan aksepterast. 7 Tryggleik for lånet Lån til kommunar vert gjeve utan pantetryggleik. Lån til andre skal som hovudregel vere sikra ved 1. prioritets pant i den bygde eigedomen. I tillegg kan Husbanken krevje at det vert stilt garanti eller annan tilleggstryggleik for barnehagelånet. 7.1 Pant i eigedom Som hovudregel skal Husbanken ha 1. prioritets pant i den bygde eigedomen. Er tomta festa, godtar Husbanken prioritet etter 3 års forfalle festeavgift. Så lenge Husbanken har pantelån som kviler på eigedomen, skal festekontrakten si varigheit minst svare til resten av lånets løpetid + 5 år, eller det skal gå fram av festekontrakten at denne ikkje kan løpe ut så lenge det kviler husbanklån på eigedomen. Festekontrakten må godkjennast av Husbanken, og skal vere i samsvar med Lov om tomtefeste. 7.2 Garanti For lån til private barnehagar kan det krevjast simpel garanti av kommune, fylkeskommune, bank eller annan finansieringsinstitusjon for den del av lånet, som ein vurderer at det ikkje ligg føre reell pantetryggleik for. Husbanken vurderer i kvart tilfelle behovet for garanti og kor stor denne skal vere, avhengig av barnehagens omsetningsverdi og risiko i driftskonseptet. I saker der prosjektkostnadene er høge, driftsgrunnlaget svakt og pantetryggleiken dårleg skal det krevjast tilleggstryggleik/garanti for heile eller delar av beløpet.

4 Garantiar skal lagast som eigne dokument retta til Husbanken. Kommunale / fylkeskommunale garantiar skal vere underteikna av ordførar/fylkesordførar og godkjend av Fylkesmannen. Garantidokumentet skal seinast ligge føre når det vert søkt om utbetaling av lånet. Husbanken kan, dersom tryggleiken er god, godta pant i annan eigedom, som alternativ til garanti. Husbanken kan vurdere eigenkapital og/eller toppfinansiering i annan bank som alternativ til garanti. 8 Rente- og avdragsvilkår Rente- og avdragsvilkåra vert fastsett i samsvar med forskrift av 25. mai 2011 nr 550 om rente- og avdragsvilkår for lån i Husbanken. Lån til barnehagar skal normalt gjevast utan avdragsfri periode. 9 Søknad og saksgang 9.1 Søknad om lån Søknad om lån skal sendast inn før byggearbeidet startar. Byggestart før prosjektet er godkjent og før lån ligg føre, skjer på byggherren sin eigen risiko. Husbanken finansierer ikkje prosjekt, som er ferdige på det tidspunktet det er aktuelt å gi lånetilsegn. Søknad om lån skal sendast til kommunen på søknadsskjema HB 7.S.12 i to eksemplar. Kommunen behandlar søknaden og sender den vidare til Husbanken. Det går fram av skjemaet kva vedlegg som skal følgje ein søknad om godkjenning og lån. Husbanken gir eventuelt tilsegn om lån, som igjen dannar grunnlag for byggelån i bank eller finansieringsinstitusjon. Saman med tilsegnsbrevet følgjer pantedokument, låneavtale og eventuelt garantidokument. 9.2 Søknad om utbetaling Når byggearbeidet er fullført og bruksløyve ligg føre, sender ein søknad om utbetaling på søknadsskjema HB 7.S.06 direkte til Husbanken. Kommunal godkjenning av barnehagen (p.t. skjema F-4198) må ligge føre før utbetaling. Lånet vert utbetalt når Husbanken har motteke låneavtalen i underskriven stand, tinglyst pantedokument med rett prioritet, revisorgodkjent byggerekneskap, eventuelt garantidokument og andre vedlegg som følgjer av tilsegnet. Der barnehagen og entreprenør er ått/kontrollert av same personar eller selskap, skal revisorgodkjent byggeregnskap også frå entreprenøren sendast inn Kommunalt åtte prosjekt Ved nybygging eller utbetring av kommunalt åtte prosjekt, kan Husbanken utbetale inntil 90 prosent av lånet, når kommunen kan dokumentere at sjølve byggearbeida er sett i gang (fundamentet støypt). Kommunen vil motta ein låneavtale, som skal underskrivast og returnerast til Husbanken.

5 Lånet blir utbetalt når Husbanken har fått underskriven låneavtale i retur og eventuell stadfesting på fylkesmannens godkjenning av låneopptaket. 10 Klagerett Det er klagerett på Husbankens vedtak om tildeling, utmåling, avvising og avslag på lån eller tilskot. Klagen må vere skriftleg og sendast til det kontoret som har gjort vedtaket. Klagen må grunngjevast og skal nemne kva vedtaket det vert klaga over og kva endring ein ønskjer. Klagefristen er tre veker frå underretning om vedtaket er kome fram. Dersom klagen ikkje får medhald, vert den sendt til ei uavhengig klagenemnd som er oppnemnt for husbanksaker. 11 Andre føringar Ved heimeloverføring og ved opphør eller endring i barnehagen si verksemd, forfell lånet til betaling med mindre Husbanken har godkjent overføring av lånet, jf. HB 4.B.1 Overføring av husbanklån til ny eigar.

Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole. Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland

Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole. Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland 2 Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole Innholdsfortegnelse Innleiing... 3 KAPITTEL

Detaljer

SKYSSREGLEMENT FOR VIDAREGÅANDE SKOLE I MØRE OG ROMSDAL

SKYSSREGLEMENT FOR VIDAREGÅANDE SKOLE I MØRE OG ROMSDAL SKYSSREGLEMENT FOR VIDAREGÅANDE SKOLE I MØRE OG ROMSDAL Skoleskyssen er den daglege transporten mellom bustad og opplæringsstad. Det er fylkeskommunen som er ansvarleg for skoleskyssen. Fylkeskommunen

Detaljer

HB 7.B.14 - juli 2011 Side: 1. Veileder til Husbankens grunnlån

HB 7.B.14 - juli 2011 Side: 1. Veileder til Husbankens grunnlån HB 7.B.14 - juli 2011 Side: 1 Veileder til Husbankens grunnlån HB 7.B.14 - juli 2011 Side: 2 Innledning... 4 1 Formål... 4 2 Hva kan det gis lån til... 5 2.1 Oppføring av nye boliger... 5 2.2 Utbedring

Detaljer

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN RÅDMANNEN Vedteke i Aukra kommunestyre 18. oktober 2012, sak nr. 105/12. ephorte 12/420-3. 2 Dei kommunale barnehagane i Aukra skal drivast i samsvar

Detaljer

Lov for SA Naustdal Båtlag

Lov for SA Naustdal Båtlag Lov for SA Naustdal Båtlag Vedteke på årsmøte 26. mars 2015 1 Laget sitt namn Laget sitt namn er SA Naustdal Båtlag, forkorta SA N.B.L 2 Forretningskontor SA Naustdal Båtlag skal ha forretningskontor i

Detaljer

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Fra Forskrift til Opplæringslova: Fra Forskrift til Opplæringslova: 5-1. Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- /sveineprøver og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering.

Detaljer

Økonomihåndboka. Møre og Romsdal fylkeskommune. del 2 av 2. Siste hovedoppdatering: 18.01.2008. Økonomiseksjonen

Økonomihåndboka. Møre og Romsdal fylkeskommune. del 2 av 2. Siste hovedoppdatering: 18.01.2008. Økonomiseksjonen Økonomihåndboka del 2 av 2 Siste hovedoppdatering: 18.01.2008 Møre og Romsdal fylkeskommune Økonomiseksjonen Møre og Romsdal fylkeskommune Økonomihandboka del 2 FORORD Økonomihandboka er eit hjelpemiddel

Detaljer

Møtebok for Kommunestyret i Radøy

Møtebok for Kommunestyret i Radøy Radøy kommune Møtedato: 12.06.2014 Møtested: Kommunestyresalen Møtetid: 18:00 Møtebok for Kommunestyret i Radøy Møtedeltakarar Parti Rolle Jon Askeland SP Ordførar Morgan Taule AP Medlem Kirsti Gjetle

Detaljer

Kunden og BIR. Rettleiar til forskrift om handtering av avfall frå hushald

Kunden og BIR. Rettleiar til forskrift om handtering av avfall frå hushald Kunden og BIR Rettleiar til forskrift om handtering av avfall frå hushald 1 Innhald Om BIR... 3 Formålet med rettleiaren... 4 Korleis rettleiaren er bygd opp... 4 Kapittel 1: Innleiande informasjon...

Detaljer

Søknad om startlån, tilskot til etablering og tilpassing

Søknad om startlån, tilskot til etablering og tilpassing Søknad om startlån, tilskot til etablering og tilpassing startlån tilskot til etablering Søknaden gjeld startlån og banklån tilskot til tilpassing førehandsgodkjenning konet bustad 1. Søkjar Fødselsnr.

Detaljer

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET Ikkje offentleg jf. Forvaltningslova 13 Skulens navn RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET Namnet til eleven Adresse Dato: VEDTAK OM SPESIALUNDERVISNING SKULEÅRET Namnet til eleven: Født: Utdanningsprogram:

Detaljer

STORD KOMMUNE. Rapport. Prosjekt " Modell for bustadbygging" Stord oktober 2009. "Der alle skulle tru at nokon kunne bu

STORD KOMMUNE. Rapport. Prosjekt  Modell for bustadbygging Stord oktober 2009. Der alle skulle tru at nokon kunne bu STORD KOMMUNE Rapport Prosjekt " Modell for bustadbygging" Stord oktober 2009 "Der alle skulle tru at nokon kunne bu I 7 Bakgrunn Stord kommune søkte 10.10.08 om kompetansemidlar frå Husbanken Region Vest

Detaljer

Forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Tromsø med utfyllende bestemmelser for ph.d. i molekylær- og strukturbiologi

Forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Tromsø med utfyllende bestemmelser for ph.d. i molekylær- og strukturbiologi Forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Tromsø med utfyllende bestemmelser for ph.d. i molekylær- og strukturbiologi Vedtatt av: Styret ved Universitetet i Tromsø 15. desember

Detaljer

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Skulen har nulltoleranse i forhold til mobbing, både verbalt, non-verbalt, digitalt og fysisk. Skulen aksepterer heller ikkje rasisme, vald,

Detaljer

REGLEMENT I ORDEN OG ÅTFERD FOR ELEVAR VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I MØRE OG ROMSDAL FYLKE

REGLEMENT I ORDEN OG ÅTFERD FOR ELEVAR VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I MØRE OG ROMSDAL FYLKE REGLEMENT I ORDEN OG ÅTFERD FOR ELEVAR VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I MØRE OG ROMSDAL FYLKE Fastsett av fylkestinget i Møre og Romsdal fylkeskommune den 15.06.2010 sak T 29-10 med slikt vedtak: 1. Reglement

Detaljer

Retningslinjer. For lokalt gitt eksamen ved vidaregåande skular i Hordaland

Retningslinjer. For lokalt gitt eksamen ved vidaregåande skular i Hordaland Retningslinjer For lokalt gitt eksamen ved vidaregåande skular i Hordaland 2014 Retningslinjer for lokalt gitt eksamen 2014 2 Revisjon av retningslinjer for lokalt gitt eksamen Retningslinjene for lokalt

Detaljer

FORSKRIFT OM FELLES ORDENS- OG ÅTFERDSREGLEMENT VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I HORDALAND FYLKESKOMMUNE

FORSKRIFT OM FELLES ORDENS- OG ÅTFERDSREGLEMENT VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I HORDALAND FYLKESKOMMUNE FORSKRIFT OM FELLES ORDENS- OG ÅTFERDSREGLEMENT VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I HORDALAND FYLKESKOMMUNE Revidert juli - 2011 Innhald Hovudområde: Underområde: Side: Heimel 2 1 Formål 2 2 Virkeområde 2 3

Detaljer

Statlege verksemder som vurderer å etablere ein internrevisjonsfunksjon

Statlege verksemder som vurderer å etablere ein internrevisjonsfunksjon Rettleiar Veileder Statlege verksemder som vurderer å etablere ein internrevisjonsfunksjon DFØ 12/2011, 1. opplag Forord Å ta stilling til om verksemda skal etablere ein internrevisjonsfunksjon, er ei

Detaljer

Eksempelsamling med kommentarar. Styringsdokumenta instruks for økonomiog verksemdsstyring og tildelingsbrev frå departement til verksemd

Eksempelsamling med kommentarar. Styringsdokumenta instruks for økonomiog verksemdsstyring og tildelingsbrev frå departement til verksemd Eksempelsamling med kommentarar Styringsdokumenta instruks for økonomiog verksemdsstyring og tildelingsbrev frå departement til verksemd SSØ 01/2011, 1. opplag 1000 eks. Forord God statleg styring føreset

Detaljer

Oversikt over interkommunalt samarbeid

Oversikt over interkommunalt samarbeid Oversikt over interkommunalt samarbeid Hjartdal kommune Forvaltningsrevisjonsrapport nr: 727 004 2007 Innhald Samandrag...iii 1 Innleiing...1 1.1 Bakgrunn...1 1.2 Problemstillingar...1 1.3 Avgrensing...1

Detaljer

Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule

Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Rogaland fmropost@fylkesmannen.no 19. desember 2014 Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule Vi viser til vedtak gjort av Fylkesmannen i Rogaland 17.11.2014,

Detaljer

Ny bruk av ledige landbruksbygg Ei handbok for deg med planar om gjenbruk av garden sine bygningsressursar

Ny bruk av ledige landbruksbygg Ei handbok for deg med planar om gjenbruk av garden sine bygningsressursar Ny bruk av ledige landbruksbygg Ei handbok for deg med planar om gjenbruk av garden sine bygningsressursar Eksisterande bygning Nybygg Eksisterande bygning Purkeskinnet i Gausdal, Oppland. Stabbur og våningshus

Detaljer

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen) Tenesteavtale mellom Fitjar kommune og Helse Fonna HF bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen) Partar Denne avtalen er inngått mellom Fitjar kommune og Helse Fonna HF. Bakgrunn og omfang av

Detaljer

Allmenne Vilkår for avtalar om kraftpris mellom Sognekraft AS og små og mellomstore bedriftskundar m.m.

Allmenne Vilkår for avtalar om kraftpris mellom Sognekraft AS og små og mellomstore bedriftskundar m.m. Allmenne Vilkår for avtalar om kraftpris mellom Sognekraft AS og små og mellomstore bedriftskundar m.m. 1 Desse Allmenne Vilkår gjeld mellom Sognekraft AS og små og mellomstore bedriftskundar, offentlege

Detaljer

Sluttrapport frå den kommunale oppreisingsordninga i Sogn og Fjordane

Sluttrapport frå den kommunale oppreisingsordninga i Sogn og Fjordane Sluttrapport frå den kommunale oppreisingsordninga i Sogn og Fjordane 1.1.2011 1.1.2013 www.sfj.no Innhald 1. Innleiing/samandrag... 2 2. Bakgrunn... 3 3. Rammer for oppreisingsordninga... 3 3.1 Ansvarsgrunnlag...

Detaljer

Liv Jorunn Stokke UFØREPENSJONIST AR. FAFO-rapport 153 -- -- - -

Liv Jorunn Stokke UFØREPENSJONIST AR. FAFO-rapport 153 -- -- - - Liv Jorunn Stokke UFØREPENSJONIST AR loffentleg SEKTOR FAFO-rapport 153 -- -- - - FAFO 1993 ISBN 82-7422-107-9 Omslagsfoto: Lars Bahl 2. maj - Samfoto Trykk: C Falch Hurtigtrykk. Oslo Innhald 1 Innleiing............................

Detaljer

Allmenne Vilkår for avtalar om kraftpris mellom Leverandørnamn AS og små og mellomstore bedriftskundar m.m.

Allmenne Vilkår for avtalar om kraftpris mellom Leverandørnamn AS og små og mellomstore bedriftskundar m.m. 1 Allmenne Vilkår for avtalar om kraftpris mellom Leverandørnamn AS og små og mellomstore bedriftskundar m.m. Desse Allmenne Vilkår gjeld mellom Leverandørnamn AS og små og mellomstore bedriftskundar,

Detaljer

Sogn LMS Etablering av eit lokalmedisinsk senter i Lærdal

Sogn LMS Etablering av eit lokalmedisinsk senter i Lærdal Sogn LMS Etablering av eit lokalmedisinsk senter i Lærdal Dette er sluttrapport etter forstudien i prosjektet Sogn LMS. Prosjektet har som føremål å greie ut, planlegge og utvikle eit lokalmedisinsk senter

Detaljer

Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle -

Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - 2014 2025 Utgivar: Tittel: Hordaland fylkeskommune, Regionalavdelinga Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - Dato: 7.

Detaljer

Handbok for godkjenning av beite som spreieareal

Handbok for godkjenning av beite som spreieareal 2010 Handbok for godkjenning av beite som spreieareal Rettleiing forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav tillet at ein kan godkjenne innmarksbeite og frukthagar som spreieareal. Denne handboka

Detaljer