Meir om argumentasjonsteknikkar

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Meir om argumentasjonsteknikkar"

Transkript

1 1 Meir om argumentasjonsteknikkar Nokre grunnomgrep i logikken I læreboka står dette: Alle bensinbilar slepp ut CO2 Køyretyet ditt er ein bensinbil. Altså slepp køyretyet ditt ut CO2. Desse tre setningane har ein indre samanheng ved at dei på eit vis byggjer på kvarandre. Det ligg eit resonnement bak det vil seie at vi trekkjer ei slutning basert på visse opplysningar. I denne fordjupingsartikkelen skal vi sjå nærmare på eigenskapane til slike resonnement. Vi må kunne skilje mellom premissar og konklusjon, og vi må kunne vurdere om resonnementet er logisk gyldig eller ikkje, og om det er haldbart eller ikkje. Premissar og konklusjon Resonnementet om bilen opnar med to påstandar som det er venta at vi godtek: «Alle bensinbilar slepp ut CO2» og «Køyretyet ditt er ein bensinbil». Dette er premissane i resonnementet. Premissane leier fram til ein konklusjon, som blir hovudpoenget i resonnementet: «Altså slepp køyretyet ditt ut CO2.» Heretter vil vi kalle premissane i eit slikt resonnement for P1 og P2 og konklusjonen for K. Gyldige resonnement Alle vil vere einige om at resonnementet med bensinbilen er logisk: Dersom det er sant at alle bensinbilar slepp ut CO2, og dersom det er sant at du har ein bensinbil, må det jo også vere sant at bilen din slepp ut CO2. Men kva er det eigentleg som gjer resonnementet logisk? Det logiske har korkje noko med bensinbilar, CO2-utslepp eller bilen din å gjere. Det er sjølve forma på resonnementet som er logisk. I logikken er vi nemleg opptekne av å finne fram til måtar å resonnere på som alltid gir logiske anten resonnementet handlar om bilar, smultringar eller utanrikspolitikk. For å finne denne fullkomne logiske forma må vi tenkje ganske abstrakt, om lag som i matematikk. Forma på eit logisk resonnement liknar faktisk mykje på ei matematisk likning. Vi skal her bruke bokstavar som A, B og C for dei opplysningane som kan variere, på same måten som vi bruker x, y og z for å markere dei ukjende i ei likning. Det spesielle resonnementet vårt handlar om bensinbilar, CO2-utsleppskjelder og køyretyet ditt. Dersom vi kallar bensinbilar for A, CO2-utsleppskjelder for B og køyretyet ditt for C, kan resonnementet skrivast slik: P1 (premiss 1): Alle A er B (Alle bensinbilar er CO2-utsleppskjelder.) P2 (premiss 2): C er A (Køyretyet ditt er ein bensinbil.) K (konklusjon): C er B (Køyretyet er (derfor) ei CO2-utsleppskjelde.) No har vi funne den logiske formelen bak resonnementet vårt. Denne formelen har ein heilt spesiell eigenskap: Dersom dei to premissane er sanne, må også konklusjonen bli sann. Noko anna er heilt umogleg. Prøv deg fram, så vil du sjå at same kva du fyller ut for A, B og C, vil konklusjonen alltid følgje logisk av premissane. Det vil seie at resonnementet er logisk gyldig.

2 2 Det er med andre ord vasstett så lenge vi godtek premissane, er vi også nøydde til å godta konklusjonen. Eit slikt logisk gyldig resonnement med to premissar og ein konklusjon blir også kalla ein syllogisme. Det finst mange slags syllogismar. Her er ein annan variant: P1: Dersom bussen er forseinka, kjem eg for seint på jobben. P2: I dag er bussen forseinka. K: Altså kjem eg for seint på jobben i dag. Dersom vi kallar påstanden «bussen er forseinka» for A og påstanden «eg kjem for seint på jobben» for B, blir formelen slik: P1: Dersom A, så B P2: A K: B Dette er også logisk gyldig, for konklusjonen er ei nødvendig følgje av premissane. Dersom det er rett at A alltid fører til B, og A faktisk er tilfellet ja, da må B nødvendigvis også vere tilfellet. Her er det på tide med ei åtvaring. Ei vanleg misforståing er å tru at eit resonnement automatisk er logisk gyldig dersom konklusjonen er sann. Så enkelt er det dessverre ikkje. Også ulogiske resonnement kan nemleg gi sanne konklusjonar innimellom. La oss for eksempel seie at du køyrer ein ureinande bensinbil. Da kan vi lage dette resonnementet: P1: Alle bensinbilar slepp ut CO2. (Alle A er B) P2: Bilen din slepp ut CO2. (C er B) K: Altså er bilen din ein bensinbil. (C er A) Her kan både premissane og konklusjonen vere sanne, men resonnementet er likevel ikkje logisk gyldig. Konklusjonen følgjer nemleg ikkje logisk av premissane. Sjølv om både bensinbilar og bilen din slepp ut CO2, treng jo ikkje bilen din vere ein bensinbil. Det kan for eksempel hende at han går på diesel og slepp ut CO2 på grunn av det. Logikken er i teorien akkurat like svak som når Erasmus Montanus narrar mor si til å tru at ho er ein stein (jf. læreboka). Haldbare resonnement At eit resonnement er logisk gyldig, er ingen garanti for at konklusjonen er sann. Det vil berre seie at konklusjonen følgjer logisk av premissane. Dersom éin eller fleire av premissane er usanne, kan konklusjonen også bli usann. Sjå berre på dette resonnementet, som er logisk gyldig: P1: Dersom jorda er flat, kan ein segle utfor kanten. P2: Jorda er flat. (A) K: Altså kan ein segle utfor kanten. (B) (Dersom A, så B) Her er premiss nummer to usann, og da blir konklusjonen også usann. Skal argumentasjonen vere god, må vi derfor ikkje berre krevje at resonnementet er logisk gyldig, men også at

3 3 premissane er sanne. Dersom premissane og konklusjonen i eit gyldig resonnement er sanne, seier vi at resonnementet er haldbart. Det ideelle resonnementet er altså både gyldig og haldbart. Påstand, grunngiving og heimel Logikken vi no har gått igjennom, er nyttig for å få oss til å skjøne kva som er gode og dårlege grunngivingar. Men som eg nemnde i lærebokkapittelet, bruker vi nesten aldri fullstendige syllogismar i praktisk argumentasjon. Vi nøyer oss med brottstykke, kanskje berre konklusjonen, eller til og med berre ein premiss. Ein slik ufullstendig syllogisme blir kalla eit enthymem. Når vi skal vurdere kor overtydande eit enthymem er, kan vi sjølvsagt prøve å rekonstruere éin eller fleire syllogismar som ligg bak. Men det kan vere eit ganske snirklete og omstendeleg arbeid. Dessutan byggjer enthymema ofte på påstandar som er vurderingar eller sannsyn, og som derfor ikkje kan reknast som anten sanne eller usanne. Da er det praktisk å ty til ein annan og litt enklare vurderingsmodell. For kvar påstand som blir sett fram, kan vi nemleg stille krav om grunngiving og heimel. La oss seie at eg påstår dette: «Det er urimeleg at eg skal betale tv-lisens.» Da kan du for det første krevje at eg kjem med ei grunngiving av den påstanden. Skal grunngivinga vere overtydande, bør ho vere lettare å akseptere enn den opphavlege påstanden. For eksempel kan grunngivinga mi vere at «eg ser jo aldri på NRK». Men for at denne grunngivinga skal fungere, må ho vere relevant. Du kan derfor krevje at eg forklarer kvifor det at eg aldri ser på NRK, er ein god grunn til å nekte å betale tv-lisens. Ei slik forklaring blir kalla ein heimel. Eg kan for eksempel seie at «ein skal aldri betale for tilbod ein ikkje gjer bruk av». For at ein heimel skal vere overtydande, må han byggje på verdiar som dei som deltek i kommunikasjonen, deler. Det kan av og til vere vanskeleg å skilje mellom grunngiving og heimel. Ein tommelfingerregel er at grunngivinga som regel viser til eit konkret, faktisk forhold («eg ser aldri på NRK»). Heimelen er derimot ein regel eller eit prinsipp som vi ventar at motparten er einig i («ein skal aldri betale for eit tilbod ein ikkje gjer bruk av»). Både grunngivinga og heimelen er sjølvsagt nye påstandar i seg sjølve. Derfor kan du nyste vidare på resonnementet ved å krevje grunngiving og heimel for kvar av desse påstandane igjen og så vidare i ei endelaus analyserekkje. Vil du lese meir om påstand, grunngiving og heimel, kan eg tilrå desse bøkene: Jørgensen, Charlotte og Merete Onsberg (1999): Praktisk argumentation. København Kjeldsen, Jens E. (2006): Retorikk i vår tid. Innføring i moderne retorisk teori. Oslo Toulmin, Stephen (1958): The Uses of Argument. London Toulmin er mannen bak teorien, og dette er boka der han presenterer han. Jørgensen og Onsberg gir ei lettfatteleg innføring på dansk, og Kjeldsen forklarer teorien på norsk. Fleire argumentasjonsknep

4 4 I læreboka fekk du fire eksempel på argumentasjonsknep, det vil seie argumentasjonsmåtar som kan verke overtydande, men som ikkje er logiske når vi ser nærmare etter. Når folk bruker slike knep, er det som regel for å sleppe å grunngi påstandane sine eller for å sleppe å svare på det dei blir spurde om. Lista over argumentasjonsknep kan gjerast svært lang. Her får du lære fem nye knep som du bør vere merksam på i viktige diskusjonar. Sirkelargumentasjon Nyleg var eg hos ein bruktbilforhandlar og såg på ein gammal Volvo. Prisen var god, men forhandlaren ville ikkje gi meg nokon garanti. Eg fekk derfor mistanke om at det kunne vere noko i vegen med bilen, og konfronterte seljaren: Kvifor gir de ikkje garanti på denne bilen? Det er fordi bilen er så billig. Men kvifor er han så billig? Jau, det er fordi vi ikkje gir garanti. Bilseljaren serverte her eit kroneksempel på sirkelargumentasjon: Ein påstand (bilen er billig) grunngir ein annan påstand (vi gir ingen garanti), samtidig som den siste påstanden (vi gir ingen garanti) grunngir den første igjen (bilen er billig). Resonnementet går i ring, og det inneheld ikkje noko sjølvstendig argument som eg kan vurdere relevansen eller sanningsverdien i. Hadde seljaren forklart at dei selde bilen billig fordi dei ikkje hadde plass til han lenger, eller at dei aldri gav garanti på bilar som hadde gått over km, ville han ha vore meir truverdig. I staden vart eg berre enda meir skeptisk til at bilen var i orden. Ekspertknepet Da eg prøvekøyrde den billige bilen, høyrde eg mystiske tsjugga-tsjugga-lydar frå framhjula i skarpe svingar. Seljaren kom straks med ei forklaring: Det kjem av at det er rust på bremseskivene. Det er lett å fjerne. Kvifor trur du det er forklaringa? spurde eg. Kan det ikkje like gjerne kome av slitne hjullager eller ein feil på forstillinga? Nei. Eg har jobba som bilseljar i 30 år og veit at dette er rust på bremseskivene. Igjen prøvde bilseljaren seg med eit argumentasjonsknep, denne gongen det såkalla ekspertknepet. Han hadde inga sakleg grunngiving for at årsaka til ulydane måtte vere rust på bremseskivene, anna enn at han var ekspert og kunne slikt. Han argumenterte med andre ord berre ut frå etos, ikkje ut frå logos. Sjølvsagt kan eksperten ha rett, men dersom han er slik ein ekspert, bør han også kunne grunngi konklusjonen sin. Først da er argumentasjonen sakleg. Røykt sild Dei av oss som har lese mykje Donald, hugsar korleis B-gjengen gjerne trekkjer ei røykt sild over sporet etter seg når dei er på flukt. Grunnen er at sporhunden til Onkel Skrue skal bli distrahert og ta til å følgje lukta av silda i staden for det opphavlege sporet. Det same trikset blir ofte brukt i argumentasjon. Å innføre ei røykt sild vil da seie å ta til å snakke om noko som ikkje har med saka å gjere, men som vekkjer stor interesse. Politikarar er ekspertar på dette. Dei har gått på medietreningskurs og lært at same kva dei blir spurde om av journalistar, skal dei svare med ein påstand som dei veit appellerer til veljarane. Ein politikar som blir kritisert for å ha kutta i skolebudsjettet, kan for eksempel svare at ho trass

5 5 alt har styrkt eldreomsorga med fleire millionar. Dersom ikkje programleiaren er merksam på den røykte silda, risikerer vi da at debatten går over til å handle om eldreomsorg i staden. Generalisering I ein oppheta debatt kan det vere freistande å skjere alle over éin kam. Ofte høyrer vi at politikarar er slik eller slik, ungdommar slik eller slik eller lærarar slik eller slik. Da må vi spørje: Gjeld dette verkeleg alle politikarar, alle ungdommar og alle lærarar? Dersom ikkje, har vi vorte utsette for ei generalisering. Bak generaliseringar gøymer det seg ofte fordommar. Ein som ofte har vorte skulda for å spreie generaliserande fordommar om innvandrarar, er Oddvar Stenstrøm, som var programleiar for debattprogrammet Holmgang på TV 2 fram til I eit intervju med Dagsavisen i mars 2008 imøtegjekk han denne skuldinga slik: «Den eneste som holdt faren min i handa da han døde, var en innvandrer. Jeg nådde ikke fram selv. De har en respekt for de eldre som vi ikke har her i landet.» Denne historia viser kanskje at Stenstrøm ikkje har noko imot innvandrarar. Men like fullt generaliserer han om korleis innvandrarar er. For er det verkeleg slik at alle innvandrarar har større respekt for dei eldre enn nordmenn har? Den nest største innvandrargruppa i Noreg er svenskar, men det er neppe svenske sjukepleiarar Stenstrøm tenkjer på når han seier at innvandrarane har respekt for dei eldre. Når Stenstrøm og svært mange andre i den offentlege debatten snakkar om «innvandrarar», meiner dei ei avgrensa gruppe innvandrarar med ein spesiell kulturbakgrunn. Skal debatten bli sakleg, må ein da presisere kva innvandrargrupper ein snakkar om. Overføring av bevisbyrda Eit siste knep går ut på å overføre bevisbyrda på motstandaren. I staden for at du sjølv grunngir påstandane dine, krev du da at motparten skal kunne motbevise dei. Er du tiltala i ei rettssak, er det lurt å overføre bevisbyrda til aktoratet. Men du kan ikkje argumentere for at det er liv på Mars, ved å vise til at ingen har motbevist det. Du kan lese meir om argumentasjonsknep her: Roksvold, Thore (1989): Retorikk for journalister. Oslo: LNU / Cappelen Akademisk Forlag Vestad, Jon Peder og Bjarte Alme (2002): Mediespråk. Form og formidling i journalistikk. Oslo: Samlaget

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Matematisk samtale og undersøkingslandskap Matematisk samtale og undersøkingslandskap En visuell representasjon av de ulike matematiske kompetansene 5-Mar-06 5-Mar-06 2 Tankegang og resonnementskompetanse Tankegang og resonnementskompetansen er

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære? Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære? Innlevert av 6. og 7. ved Marvik Skule (Suldal, Rogaland) Årets nysgjerrigper 2015 Det er første gong både lærar og elevar i 6. og 7. ved Marvik skule

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

Med god informasjon i bagasjen

Med god informasjon i bagasjen Evaluering av pasientinformasjon Med god informasjon i bagasjen Johan Barstad Lærings og meistringssenteret Helse Sunnmøre HF SAMAN om OPP Hotell Britannia, Trondheim 18. Februar 2010 Sunnmørsposten, 08.02.10

Detaljer

Eksamen 23.11.2011. MAT1015 Matematikk 2P. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 23.11.2011. MAT1015 Matematikk 2P. Nynorsk/Bokmål Eksamen 23.11.2011 MAT1015 Matematikk 2P Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del 2: Framgangsmåte: 5 timar: Del 1 skal leverast inn etter 2 timar.

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Ved Kari Vik Stuhaug Helsepedagogikk Helse Fonna 5. Mars 2015 09.03.2015 Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna 1 Kva gjer du når du får eit problem? Og kva

Detaljer

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du INNBYGGERUNDERSØKELSE: Skodje kommune Skodje kommune har inngått to intensjonsavtalar og vurderer no å danne ei ny kommune med: a. «Ålesund kommune» = Giske, Haram, Hareid, Sandøy, Skodje, Stordal, Sula,

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder Det psykososiale skolemiljøet til elevane Til deg som er forelder Brosjyren gir ei oversikt over dei reglane som gjeld for det psykososiale skolemiljøet til elevane. Vi gir deg hjelp til korleis du bør

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman Carl Frode Tiller Innsirkling 3 Roman OM FORFATTEREN: Carl Frode Tiller (f. 1970) er ein av dei fremste forfattarane i norsk samtidslitteratur. For dei fire romanane Skråninga (2001), Bipersonar (2003),

Detaljer

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Anbodssamarbeid er blant dei alvorlegaste formene for økonomisk kriminalitet. Anbodssamarbeid inneber at konkurrentar samarbeider om prisar og vilkår før

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

Å byggja stillas rundt elevane si skriving. Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014

Å byggja stillas rundt elevane si skriving. Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014 Å byggja stillas rundt elevane si skriving Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014 Å byggja stillas i skriveopplæringa: 1. Emnebygging Innhald, emne, sjanger 2. Modellering Læraren modellerer korleis ho tenkjer

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Korfor går skulegrensene på Radøy der dei går?

Korfor går skulegrensene på Radøy der dei går? Korfor går skulegrensene på Radøy der dei går? Innlevert av 5.trinn ved Austebygd skule (Radøy, Hordaland) Årets nysgjerrigper 2014 Eg har verdens beste jobb. Eg er nemlig kontaktlærar for ein superinspirerande

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Ei gruppe elevar gjennomførte eit prosjekt om energibruk og miljøpåverknad. Som ei avslutning på prosjektet skulle dei skrive lesarbrev

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Eksamen 30.11.2012. REA3028 Matematikk S2. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 30.11.2012. REA3028 Matematikk S2. Nynorsk/Bokmål Eksamen 30.11.01 REA308 Matematikk S Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del : 5 timar: Del 1 skal leverast inn etter timar. Del skal leverast

Detaljer

Eksamen 23.11.2011. MAT1005 Matematikk 2P-Y. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 23.11.2011. MAT1005 Matematikk 2P-Y. Nynorsk/Bokmål Eksamen 23.11.2011 MAT1005 Matematikk 2P-Y Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del 2: Framgangsmåte: 5 timar: Del 1 skal leverast inn etter 2

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2 Rolf Lystad 18.09.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

Eksamen 23.11.2011. MAT1017 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 23.11.2011. MAT1017 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål Eksamen 23.11.2011 MAT1017 Matematikk 2T Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del 2: Framgangsmåte: 5 timar: Del 1 skal leverast inn etter 2 timar.

Detaljer

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa». Opplæringslova: http://www.lovdata.no/ all/nl-19980717-061.html Opplæringslova kapittel 9a. Elevane sitt

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Motivasjon for læring og meistring. Volda 22.03.2011 Ivar Ørstavik, kommunepsykolog i Herøy. 916 36 698 ivar.orstavik@heroy.kommune.

Motivasjon for læring og meistring. Volda 22.03.2011 Ivar Ørstavik, kommunepsykolog i Herøy. 916 36 698 ivar.orstavik@heroy.kommune. Motivasjon for læring og meistring. Volda 22.03.2011 Ivar Ørstavik, kommunepsykolog i Herøy. 916 36 698 ivar.orstavik@heroy.kommune.no Fagfolk kan ikke definere hvordan folk skal ha det i livet. Vi kan

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane Pasientopplæring? Pasientrettigheitslova; rettigheiter Spesialisthelsetenestelova; plikter Helsepersonell lova; plikter Kva er pedagogikk?

Detaljer

Eksamen 23.11.2011. MAT1008 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 23.11.2011. MAT1008 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål Eksamen 23.11.2011 MAT1008 Matematikk 2T Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del 2: Framgangsmåte: 5 timar: Del 1 skal leverast inn etter 2 timar.

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! 17. mai er annleis enn alle andre dagar. Ein stor bursdag der alle er inviterte, tenkjer Mina, medan

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING NYNORSK INNHALD GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING... 2 GRAVFERDSORDNING:... 2 1. MENS VI SAMLAST... 2 2. FELLES SALME... 2 3. INNLEIING VED LEIAR... 2 4. BØN... 2 5. MINNEORD...

Detaljer

Ulikskapens magre kår eit eit hinder for god stadsutvikling? Ulikhetens magre kår Ulikhetens magre Eksempel I: J g er me

Ulikskapens magre kår eit eit hinder for god stadsutvikling? Ulikhetens magre kår Ulikhetens magre Eksempel I: J g er me Ulikskapens magre kår eit hinder for god stadsutvikling? Rådgjevar Eli Janette Fosso Fylkesmannen i Hordaland, Landbruksavdelinga Ulikhetens magre kår Eksempel I: Jeg er mektig lei li av alle ll kjenner

Detaljer

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral 14.02.12

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral 14.02.12 Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet Hjelmeland frivilligsentral 14.02.12 Frivillig arbeid/ Organisasjonsarbeid har eigenverdi og skal ikkje målast etter kva statlege

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Av Eli Gunnvor Grønsdal Då Tehmina Mustafa kom til Noreg, som nyutdanna lege, fekk ho melding om å ta utdanninga på nytt. Ho nekta. I dag er ho professor i

Detaljer

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse KOMPETANSEMÅL Generelt om naturfag: Kunnskap om, forståelse av og opplevelser i naturen kan fremme viljen til å verne om naturressursene, bevare

Detaljer

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Oppgåver til side 130 Oppgåve B Kommenter forholdet mellom omgrep. a) Morfem, leksikalsk morfem, grammatisk morfem, bøyingsmorfem og avleiingsmorfem.

Detaljer

Nynorsk. Eksamensinformasjon

Nynorsk. Eksamensinformasjon Eksamen 27.05.2008 MAT1005 Matematikk Påbygging 2P-Y Elevar/Elever, Privatistar/Privatister Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på del 1: Hjelpemiddel på del 2: Vedlegg:

Detaljer

P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen

P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen Utgangspunkt Få elevar til å skrive forklaringar etter å ha gjort eit praktisk arbeid. Kom

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv Opne førelesingar M44 20. Januar 2011 Christiane Weiss-Tornes Presentert av Tine Inger Solum Disposisjon: 1. Korleis blir eg utmatta? 2. Varselsymptom

Detaljer

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald Innhald Introduksjon... 1 Teori... 2 Den første beskrivelsen... 2 Den sekundære betydinga... 2 Assosiasjonar... 3 Målgruppa... 4 Kvifor har dei gjort det slik, og kvifor seier bildet kva det seier?...

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK

DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK For nokre år sidan var eg fast gjesteskribent i spalta "Dagens gjest" i Tønsbergs Blad. Det hende at eg fekk respons på tekstane mine, gjerne i form av vennlege og varsamt nedlatande

Detaljer

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår? Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår? Innlevert av 7B ved Bergsøy skule (Herøy, Møre og Romsdal) Årets nysgjerrigper 2015 Vi i klasse 7B har mange ulike ting vi lurer på, og synes det høyrdes spanande

Detaljer

FANTASTISK FORTELJING

FANTASTISK FORTELJING FANTASTISK FORTELJING Leiken går ut på at alle som er med, diktar ei fantastisk forteljing. Ein av deltakarane byrjar på ein historie, men stoppar etter ei stund og let nestemann halde fram. Slik går det

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

Sporing og merking. Merking

Sporing og merking. Merking Sporing og merking Mange forbrukarar i vår del av verda blir meir og meir bevisste på kva dei et og drikk. Dei veit kva næringsstoff dei treng, og ønskjer enkelt og raskt å få nødvendig informasjon anten

Detaljer

Å løyse kvadratiske likningar

Å løyse kvadratiske likningar Å løyse kvadratiske likningar Me vil no sjå på korleis me kan løyse kvadratiske likningar, og me tek utgangspunkt i ei geometrisk tolking der det kvadrerte leddet i likninga blir tolka geometrisk som eit

Detaljer

Kom ikkje inn i mitt hus

Kom ikkje inn i mitt hus Arnfinn Kolerud Kom ikkje inn i mitt hus Roman 2012 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8157-9 Om denne boka Berre ein siste, liten

Detaljer

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen Det var ein gong ein liten geitekilling som hadde lært å telje til ti. Da han kom til ein vasspytt, stod han lenge og såg på spegelbiletet sitt i vatnet,

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Norsk Bremuseum sine klimanøtter Norsk Bremuseum sine klimanøtter Oppgåve 1 Alt levande materiale inneheld dette grunnstoffet. Dessutan inngår det i den mest kjende klimagassen; ein klimagass som har auka konsentrasjonen sin i atmosfæren

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer