For den sjuke Sjukepengar 4 veker 8 veker 6 månader Vilkår for sjukmelding:

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "For den sjuke Sjukepengar 4 veker 8 veker 6 månader Vilkår for sjukmelding:"

Transkript

1 For den sjuke Sjukepengar Sjukmelding er aktuell når medisinske grunnar gjer at ein person ikkje kan vere i jobb. Sjukepengar er ein rett som blir opparbeidd via eit tilsettingsforhold eller inntekt som frilansar eller sjølvstendig næringsdrivande. I 2011 vart det innført nye reglar ved sjukmelding. Målet med endringa var å komme så tidleg som mogleg inn og gje tett oppfølging av den sjukmelde. Legen skal ved første konsultasjon vurdere om pasienten har arbeidsevne til andre oppgåver enn den ordinære arbeidssituasjonen, samt tempo i arbeidet. Arbeidsgjevar skal legge til rette arbeidet i forhold til den sjuke sitt funksjonsnivå og tempo. Legen skal også vurdere gradert sjukmelding. Dersom pasienten ikkje har arbeidsevne, skal pasienten vere sjukmeld på vanleg måte. Innan 4 veker skal pasient og arbeidsgjevar lage ein oppfølgingsplan for korleis pasienten så raskt som mogleg kan komme tilbake i arbeid. Etter 7 vekers sjukmelding skal arbeidsgjevar kalle inn den sjukmelde til dialogmøte. Innan 9 veker skal arbeidsgjevar sende inn oppfølgingsplan til NAV. Har pasienten behov for sjukmelding utover 8 veker, skal dette vere medisinsk grunngitt med ei utvida legeerklæring. Arbeidstakaren skal og vere aktiv i vurderinga av si eiga arbeidsevne. NAV skal så tidleg som mogleg vurdere om arbeidsavklaringspengar skal prøvast dersom tiltak ikkje fører fram. Ved ytterlegare forlenging av sjukmelding, skal NAV seinast etter 6 månader halde eit dialogmøte mellom den sjukmelde og arbeidsgjevar. Dersom ikkje arbeidsgjevar eller lege følger opp ansvaret sitt, kan NAV vedta sanksjonar. Sjukmelde som ikkje kan utføre sine vanlege arbeidsoppgåver, kan få aktiv sjukmelding. Aktiv sjukemelding kan ein få i 4 veker, eventuelt i 8 veker dersom rehabilitering eller tilrettelegging tar lenger tid. Aktiv sjukmelding kan og forlengast ytterlegare etter vedtak frå NAV. Dersom den sjuke ikkje har arbeidsgjevar, er det NAV-kontoret som følger opp. Den sjukmelde vert då kalla inn til samtale på NAV-kontoret, vanlegvis etter 8 vekers sjukmelding. Vilkår for sjukmelding: a. vere arbeidsufør med funksjonsnedsetting på grunn av eigen sjukdom eller skade b. ha vore i jobb i minst 4 veker c. ha ei årsinntekt over ½ G. Denne inntektsgrensa gjeld ikkje for sjukepengar i arbeidsgjevarperioden. G = Grunnbeløpet i folketrygda, som er sjølve stammen for ytinga. Grunnbeløpet er per 1. mai 2013 kr Beløpet blir regulert kvart år i forbindelse med statsbudsjettet. Sjukepengar utgjer 100 prosent av lønnsinntekt inntil 6 G og kan bli utbetalt i 52 veker. Dei 52 vekene gjeld uansett grad av sjukmelding. Sjukepengar kan graderast frå 100 prosent til 20 prosent, eller som aktiv sjukmelding. For å få rett til nye sjukepengar frå NAV, må lønnstakar stå i arbeid i minst 26 veker utan sjukmelding. Dersom lønnstakar har permisjon i over ein månad, mister han sjukepengeretten. (Folketrygdlova kap. 8, Arbeidsmiljøloven 4-6.) 1

2 Arbeidsavklaringspengar Arbeidsavklaringspengar skal sikre den sjuke inntekt i ein overgangsperiode kor han/ho på grunn av sjukdom eller skade har behov for arbeidsretta tiltak, medisinsk behandling, arbeidsutprøving eller anna oppfølging frå NAV for å komme i arbeid. Vilkåret er at arbeidsevna er redusert med minst 50 prosent. Ein kan og få arbeidsavklaringspengar mens ein ventar på aktiv behandling eller arbeidsretta tiltak, eller mens uføresøknad vert vurdert. Stønaden kan og vere aktuell i nokre andre tilfelle, sjå Arbeidsavklaringspengar utgjer 66 prosent av den pensjonsgjevande inntekta. Kor lenge ein får arbeidsavklaringspengar, vil avhenge av behovet for å vere i arbeidsretta aktivitet. Som hovudregel kan ein likevel ikkje få arbeidsavklaringspengar i meir enn fire år. I særskilde tilfelle kan stønadsperioden bli forlenga utover fire år. Pasientar som fyller vilkåra for både sjukepengar og arbeidsavklaringspengar, har rett til å velje den satsen som er høgast. Personar som ikkje har mottatt sjukepengar eller andre ytingar, vil kunne få arbeidsavklaringspengar tilsvarande ein årleg minste yting tilsvarande 2 x G. For å få utbetalt arbeidsavklaringspengar må ein sende meldekort kvar 14. dag. NAV kan på visse vilkår frita enkeltpersonar frå plikta til sjølv å sende meldekort. Det må leggast ved ei legeerklæring som seier noko om den aktuelle situasjonen. Uførepensjon Uførepensjon kan den sjuke søke om etter eitt års sjukdom. Ein kan og ha rett på uførepensjon dersom ein er heimeverande eller aldri har vore i arbeid. Ein må ha gjennomgått medisinsk behandling og/eller hensiktsmessige arbeidsretta tiltak for å betre inntektsevna. Det er ein sjølv som sett fram krav om uførepensjon til NAV. Vilkår a. Mellom 18 og 67 år b. Langvarig arbeidsufør c. Minst 50 prosent varig arbeidsufør Vær merksam på at det er spesielle reglar for unge uføre, dvs. før fylte 26 år. Ein kan ikkje søkje om uføretrygd for mindre enn 50 prosent. Uførepensjonen blir rekna ut på bakgrunn av pensjonsgjevande inntekt. NAV kan i forkant rekne ut kva pensjonen vil bli. Når ein har mottatt uførepensjon i eitt år, kan ein ha ei eigen inntekt inntil 1 x G. Har ein inntekt over dette før eitt år er gått, blir uførepensjonen redusert eller fell frå. Ta på førehand kontakt med NAV-kontoret for å inngå avtale om dette. (Folketrygdlova kap 12.) Pleiepengar for pleie av nære pårørande i livets sluttfase I den siste livsfasen kan pårørande få pleiepengar via NAV for å pleie den sjuke i heimen. Den sjuke kan ikkje vere innlagt i sjukehus eller annan offentleg institusjon. Pleia kan skje i heimen til den sjuke eller i heimen til pårørande. Fastlege eller sjukehuslege søker, på bakgrunn av den sjuke sin situasjon, om pleiepengar. Pleiepengar er same beløpet som sjukepengar, dvs. 100 prosent av lønnsinntekt, og kan bli gitt i inntil 60 dagar. Dette gjeld og for sjølvstendig næringsdrivande. Pleiepengar blir gitt frå første dag, utan arbeidsgjevarperiode. Dei 60 dagane kan delast på fleire pårørande. NAV har eit eige søknadsskjema for denne ytinga. 2

3 Les meir om pleiepengar: Permisjon utan lønn Arbeidsmiljøloven har sidan 2010 hatt ein regel om at arbeidstakarar har rett til permisjon utan lønn frå arbeidsgjevar i inntil 10 dagar i året for å kunne gi pleie og omsorg til nære familiemedlemmer over 18 år. Grunn- og hjelpestønad Grunnstønad Grunnstønad er ei yting som skal kompensere for gitte ekstrautgifter i forbindelse med sjukdom. Vilkår a. sjukdommen varer over 2 år b. stadig gjentatte utgifter c. dokumenterte utgifter over kr 653 per månad ( per 1. januar 2014). Grunnstønad blir sett fram som krav til NAV og ein må dokumentere eller grunngi utgifter. Det finst 6 satsar for grunnstønad. Hjelpestønad Hjelpestønad er ei yting som skal kompensere for søkjarens utgifter ved behov for særskilt hjelp, tilsyn og pleie grunna sjukdom. Sjukdommen må vare i meir enn 2 år. Det er eit vilkår at ein har hjelp frå familie eller nære pårørande. Den sjuke må få hjelpa i heimen og kan ikkje vere innlagt i sjukehus eller annen offentleg institusjon for å ha rett på ytinga. Per 1. januar 2014 er sats 1 (til tilsyn og pleie) kr per månad. (Folketrygdlova kap 6.) Særfrådrag ved store sjukdomsutgifter Dersom ein hadde store utgifter i forbindelse med varig sjukdom i meir enn to år, kunne ein fram til 2011 sette fram krav om særfrådrag ved sjølvmeldinga. Denne regelen er oppheva frå og med inntektsåret 2012, men dei som hadde fått særfrådrag for både 2010 og 2011, vil kunne krevje eit redusert frådrag til og med året Etter det skal ei ny ordning komme på plass. For inntektsåra 2013 og 2014 er særfrådraget avgrensa til 67% av kostnadene. Les meir: Frikort for helsetenester Tak for eigendel 1 Tak 1 gjeld eigendel for behandling hos lege, psykolog, i poliklinikk, røntgeninstitutt, pasientreiser og medisinar og utstyr på blå resept. Når utgiftene overstig kr (per 1. januar 2014), vil ein ha rett på frikort frå HELFO (Helseøkonomiforvaltningen). Frikortet kjem automatisk i posten når ein person til saman har betalt meir i eigendelar enn beløpet som gir rett til frikort. 3

4 Eigendel for medisinar og utstyr på blå resept Frå og med fylte 16 år betaler personen 38% av reseptbeløpet, men ikkje meir enn 520 kr per utlevering av legemiddel for tre månaders forbruk. Barn under 16 år, minstepensjonistar og personar som treng lindrande behandling i livets sluttfase, er fritatt for å betale eigendel. Full dekning for pasientar i livets sluttfase gjeld følgjande legemiddelgrupper: smertestillande angstdempande middel roande middel avførande hostestillande kvalmestillande søvnframkallande Tak for eigendel 2 Tak 2 omfattar: fysioterapi, enkelte former for tannlegehjelp, opphald i rehabiliteringsinstitusjonar og behandlingsreiser til utlandet i regi av Oslo Universitetssykehus. Eigendel på rehabiliteringsinstitusjonar er kr 128,- per døgn. Pasientar med langtkomen, uboteleg kreftsjukdom skal ikkje betale eigendel for fysioterapi. Taket for eigendel 2 er per 1. januar 2014 kr Ved spørsmål i forbindelse med frikort: ring HELFO sin frikorttelefon Legemiddel, medisinsk utstyr og næringstilskot Legemiddel Pasientar med behov for lindrande behandling i livets sluttfase får dekka sine medisinar på blå resept utan eigendel (sjå over). Dersom legemiddelet ikkje er på førehandsgodkjent refusjon, kan legen søke HELFO om individuell refusjon på vegne av pasienten. Næringstilskot Sjukdom som hindrar tilførsel av vanleg mat eller opptak av viktige næringsstoff, kan vere grunnlag for refusjon til næringsmiddel på blå resept. Dette gjeld og pasientar med kreft/immunsvikt eller annen sjukdom som medfører så sterk svekking at næringstilskot er nødvendig. Både blå resept og søknadsskjema til HELFO må fyllast ut av lege. Hovudregelen er at det ytes refusjon til næringsmiddel som er oppført på HELFO sin produkt- og prisliste. Dersom særlege grunner er oppfylte, kan ein og få refusjon utover desse listene. Om vedtak frå HELFO kan visast fram, betaler pasienten berre eigendel. Forbruksmateriell ved bruk av næringsmiddel Forbruksmateriell til bruk ved sondeernæring og parenteral ernæring blir dekte av det regionale helseføretaket. Medisinsk forbruksmateriell og behandlingshjelpemiddel Medisinsk forbruksmateriell, bl.a. stomi- og inkontinensutstyr, vert dekt over blåreseptordninga. Det blir berre gitt refusjon til medisinsk forbruksmateriell som er oppført på HELFO sine produkt- og prislister. Pasienten betaler berre eigendel. 4

5 Det kan bli gitt bidrag til nødvendige utgifter til bandasjemateriell og medisinsk forbruksmateriell til behandling utanfor institusjon av kroniske og alvorlege sår og fistlar, som til dømes kreftsår og liggesår. Pasienten legg då ut full pris og leverer originale kvitteringar og legeerklæring til HELFO. Etter bidragsordninga kan 90 prosent av utgiftene over kr per kalenderår bli refundert. Dersom heimesjukepleia steller såra, ert det kommunen som skal dekke utgiftene, og ein kan då ikkje søke til HELFO. HELFO kan og gi bidrag til ein del andre føremål, til dømes opphald på Montebellosenteret. Smertepumper Smertepumper blir lånt ut og forbruksmateriell til smertepumper blir dekt av det regionale helseføretaket, også om pasienten får heimesjukepleie. Det er berre legespesialistar tilsett i helseføretaka eller med avtale med helseføretaka som kan rekvirere slike hjelpemiddel. Sjå: Legemiddel som vert brukt i smertepumpe, skal rekvirerast på blå resept. Bidrag til spesielle formål Det kan vere mogleg å få utgiftene dekte også når legemidlet eller anna ikkje kjem inn under blåreseptordninga. Regelen er at pasienten betaler kr i eigendel per kalenderår, og deretter får dekt 90 prosent av det som overstig dette beløpet. Legen må søke i kvart enkelt tilfelle. Dekking av reiseutgifter Mange pasientar treng transport til lege, fysioterapeut og sjukehus. Som hovudregel vert dekning gitt for billigaste reisemåte med rutegåande transport til næraste offentleg godkjente behandlingsstad. Om pasienten har behov for annan transport, til dømes eigen bil eller drosje, må han få ein rekvisisjon eller legeerklæring som slår fast at helsetilstanden gjer det nødvendig med dyrare transport. Eigendel reise er kr 135,- kvar vei. Bebuarar i sjukeheim får berre dekka reiseutgifter til behandling i spesialisthelsetenesta. I fall pasienten nyttar seg av retten til fritt sjukehusval, blir det kravd ein høgare eigendel for reise mellom heimstaden og behandlingsstaden, kr 400 kvar vei. Er det behov for transport mellom mellombels opphaldsstad og behandlingsstaden, blir det og kravd høgare eigendel for kvar reise. Erfaring tilseier at pasientar som nyttar fritt sjukehusval, vert mangelfullt informerte om dette. Transportkostnaden ved fritt sjukehusval kan ikkje førast i eigendelskort 1. For pasientar som er langvarig innlagte og for sjuke til å reise heim, er det mogleg å få dekt utgifter til besøksreiser for barn under 14 år. Det er helseføretaka som ordnar dekking av reise- og opphaldsutgifter. Pasienten må fylle ut reiserekningsskjema og sende det til Helseforetakenes senter for pasientreiser, sjå Ved spørsmål om pasientreiser, kontakt Pasientreiser tlf Dekking av fysioterapi Pasientar med kreft i langtkomen, uboteleg fase kan få dekt utgifter til fysioterapi. Legen må attestere på tilvisinga at pasienten er for sjuk til å gjennomføre effektiv 5

6 eigenaktivitet. Dersom pasienten ikkje sjølv kan komme til behandlingsstaden, kan fysioterapeuten foreta behandlinga heime hjå pasienten. Fysioterapeuten får då dekt reiseutgiftene etter Folketrygdlova. Utarbeidd av sosionom Line Solheim. Oppdatert av tilsette i KLB februar

Du kan få støtte til reisa di

Du kan få støtte til reisa di Du kan få støtte til reisa di Har du vore til behandling, kan du søkje om å få dekt reiseutgifter i etterkant. Du kan òg ha rett til å få ei rekvirert reise av behandlaren din eller Pasientreiser. Rettar

Detaljer

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg. Interkontrollhandbok Side: 1 av 5 1. FORMÅL Føremålet med dette kapitlet er å kvalitetssikra oppfølginga av tilsette som vert sjukmelde. Kapitlet gjev derfor oversikt over kva rutinar som skal følgjast

Detaljer

HAR SJUKDOM, SKADE ELLER FUNKSJONSHEMMING

HAR SJUKDOM, SKADE ELLER FUNKSJONSHEMMING HELSE SUNNMØRE HF Ålesund sjukehus BARNEAVDELINGA KVA HAR DU RETT PÅ? NÅR BARN UNDER 18 ÅR HAR SJUKDOM, SKADE ELLER FUNKSJONSHEMMING Sist oppdatert: 01.01.08 1 INNHOLD Kompensasjon for tapt arbeidsinntekt

Detaljer

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen) Tenesteavtale mellom Fitjar kommune og Helse Fonna HF bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen) Partar Denne avtalen er inngått mellom Fitjar kommune og Helse Fonna HF. Bakgrunn og omfang av

Detaljer

Retningslinjer for. Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland

Retningslinjer for. Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland HORDALAND FYLKESKOMMUNE Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland Gjeldande frå 1.November 2014 23.05.2014 Innhald: 1. Formål 3 2. Kven kan nytte ordninga? 3 3. Godkjenningsperiode

Detaljer

FOLKETRYGDA Søknad om yting ved fødsel og adopsjon

FOLKETRYGDA Søknad om yting ved fødsel og adopsjon NAV 14-05.05 FOLKETRYGDA Søknad om yting ved fødsel og adopsjon Den som får barn ved fødsel eller adopsjon, og er medlem av folketrygda, har rett på foreldrepengar eller eingongsstønad. Du finn meir informasjon

Detaljer

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE. REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE. 1. GENERELT 1.1 Føremål Møre og Romsdal fylke har som mål å yte god service og vere tilgjengeleg for innbyggarane i fylke og for

Detaljer

Trygderettigheter ved alvorlig sykdom

Trygderettigheter ved alvorlig sykdom Trygderettigheter ved alvorlig sykdom Drammen Sykehus Vestre Viken HF Oktober 2015 Sosionom Grethe Strøm Andersen Statlige ytelser - NAV Når du ikke kan jobbe på grunn av sykdom o Sykepenger o Arbeidsavklaringspenger

Detaljer

Aon Norway Bergen. Øygarden kommune. Rutinar ved melding om personskade I barnehagar og skular Januar 2013

Aon Norway Bergen. Øygarden kommune. Rutinar ved melding om personskade I barnehagar og skular Januar 2013 Aon Norway Bergen Øygarden kommune Rutinar ved melding om personskade I barnehagar og skular Januar 2013 Barneulukke dekningar og forsikringssummar Forsikringsvilkåra, som gjeld til ein kvar tid, er overordna

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 06.10.2014 SAKSHANDSAMAR: Ingvill Skogseth SAKA GJELD: Høyring - Stønad til helsetenester mottatt i eit anna EØS-land- Gjennomføring av pasientrettighetsdirektivet

Detaljer

Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland. Gjeldande frå 1. mars 2009

Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland. Gjeldande frå 1. mars 2009 Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland Gjeldande frå 1. mars 2009 2 Innhald: 1. Formål... 4 2. Kven kan nytte ordninga?... 4 3. Godkjenningsperiode... 4 4. Brukartak... 4 5.

Detaljer

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 460 Arkivsaksnr.: 2012/1565 Saksbehandlar: Karin Pedersen Dato: 25.10.2013 Permisjon ved langtidsfråver Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet Administrasjonssjefen

Detaljer

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL KOMMUNALE FOLKEVALDE I BØMLO

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL KOMMUNALE FOLKEVALDE I BØMLO REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL KOMMUNALE FOLKEVALDE I BØMLO 1. FASTE ÅRLEGE GODTGJERSLER 1.1 Ordførar: Godtgjersle til ordførar skal til ei kvar tid vera 97 % av stortingsrepresentantane si godtgjersle.

Detaljer

Informasjon om Pasientreiser

Informasjon om Pasientreiser Informasjon om Pasientreiser 2014 1. Pasientreiser Helse Førde 2. Retten til dekning 3. Reiser med og utan rekvisisjon 4. Ventesone ved Førde Sentralsjukehus 5. Rekvirering 6. Bebuarar ved alders- og sjukeheim

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011 Kristin Stray Jacobsen 1. FORMÅL Prosedyren skal sikre: - at den einskilte leiar følgjer opp sitt ansvar for eigenmelde/sjukmelde arbeidstakarar og arbeidstakarar under rehabilitering/attføring. - at arbeidstakarar

Detaljer

Forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn

Forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn Strandgaten 229, Pb. 185, Sentrum, 5804 Bergen Faks 55 23 80 90* Tlf. 03495 MELDING FRA FISKERIDIREKTØREN J-7-2009 (J-214-2008 UTGÅR) Bergen, 15.1.2009 JL/EW Forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn

Detaljer

Forskrift om bustøtte

Forskrift om bustøtte Forskrift om bustøtte DATO: FOR-2012-11-29-1283 DEPARTEMENT: KRD (Kommunal- og regionaldepartementet) PUBLISERT: I 2012 hefte 14 s 2412 IKRAFTTREDELSE: 2013-01-01 ENDRER: FOR-2009-06-19-699 GJELDER FOR:

Detaljer

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg? IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil

Detaljer

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester Framlegg, 16.05.12 Delavtale mellom Balestrand kommune og Helse Førde HF Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Detaljer

Tillegg 1 til Kodeoversikt for lønns- og trekkoppgåver. Tillegg til 9. utgåve Gjeld frå og med inntektsåret 2006 og inntil ny oversikt er fastsett

Tillegg 1 til Kodeoversikt for lønns- og trekkoppgåver. Tillegg til 9. utgåve Gjeld frå og med inntektsåret 2006 og inntil ny oversikt er fastsett Tillegg 1 til Kodeoversikt for lønns- og trekkoppgåver Tillegg til 9. utgåve Gjeld frå og med inntektsåret 2006 og inntil ny oversikt er fastsett Kodeoversikta og tillegget finst òg på www.skatteetaten.no

Detaljer

REGLEMENT FOR GODTGJERING TIL FOLKEVALDE

REGLEMENT FOR GODTGJERING TIL FOLKEVALDE REGLEMENT FOR GODTGJERING TIL FOLKEVALDE Vedtatt i Telemark fylkesting, sist endra i sak 27/11 Godtgjeringssatsane er sist regulerte pr. 01.01.2014 1 OMFANG Dette reglementet omfattar: - alle representantar

Detaljer

HELFO Statens helseøkonomiforvaltning Stønad til helsetjenester i utlandet

HELFO Statens helseøkonomiforvaltning Stønad til helsetjenester i utlandet HELFO Statens helseøkonomiforvaltning Stønad til helsetjenester i utlandet Puja Anand og Martin Rutherfurd, januar 2012 1 HVA ER HELFO? Helseøkonomiforvaltningen (HELFO) er en ytre etat under Helsedirektoratet.

Detaljer

Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat

Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat Framlegg til endring i forskrifter til spesialisthelsetenestelova og folketrygdlova eigendel ved poliklinisk helsehjelp hjå fysioterapeut, ergoterapeut, og

Detaljer

Korleis fylle ut søknadsskjema

Korleis fylle ut søknadsskjema Korleis fylle ut søknadsskjema Les gjennom denne informasjonen før utfylling av søknadsskjema. Vi bed om at skjemaet er så nøyaktig fylt ut som råd, det vil gjera søknadsprosessen lettare for alle partar.

Detaljer

Ytelser fra NAV Medlemskap (folketrygdloven kap 2) Sykepenger (folketrygdloven kap 8): Rehabiliteringspenger (folketrygdloven kap 10):

Ytelser fra NAV Medlemskap (folketrygdloven kap 2) Sykepenger (folketrygdloven kap 8): Rehabiliteringspenger (folketrygdloven kap 10): Ytelser fra NAV Når man blir syk eller får en skade kan det være vanskelig å orientere seg om hvilke ytelser man kan ha rett på fra NAV. Her følger en kortfattet oversikt over de viktigste ytelsene vi

Detaljer

Reglement for folkevalde sine arbeidsvilkår I SUNNFJORD KOMMUNE Illustrasjon: Gregory Idehen

Reglement for folkevalde sine arbeidsvilkår I SUNNFJORD KOMMUNE Illustrasjon: Gregory Idehen Reglement for folkevalde sine arbeidsvilkår I SUNNFJORD KOMMUNE 2020-2024 Illustrasjon: Gregory Idehen Innhald GENERELT... 3 VEDERLAG FOR TAPT INNTEKT... 3 Dokumentert tap av inntekt... 3 Ikkje-dokumentert

Detaljer

Ytelser fra NAV. 1. Medlemskap (folketrygdloven kap 2)

Ytelser fra NAV. 1. Medlemskap (folketrygdloven kap 2) Ytelser fra NAV Når man blir syk eller får en skade kan det være vanskelig å orientere seg om hvilke ytelser man kan ha rett på fra NAV. Her følger en kortfattet oversikt over de viktigste ytelsene vi

Detaljer

SKADEMELDING VED PERSONSKADE. Skade under verneplikt Psykisk seinskade etter internasjonale operasjonar. Faste tillegg pr. månad:

SKADEMELDING VED PERSONSKADE. Skade under verneplikt Psykisk seinskade etter internasjonale operasjonar. Faste tillegg pr. månad: Skademeldinga gjeld: SKADEMELDING VED PERSONSKADE Juridisk seksjon - Forsikringsavdelingen Postboks 5364 Majorstua, 0304 Oslo postmottak@spk.no, tlf. 22 24 15 53 Yrkesskade/yrkessjukdom Dødsfall Opplysningar

Detaljer

TURNE MED I SOGN OG FJORDANE

TURNE MED I SOGN OG FJORDANE TURNE MED I SOGN OG FJORDANE Hei! Starten på turneen nærmar seg, og vi er glade for at du/de er ein del av tilbodet i Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane. Vedlagt finn du/de: Kontrakt for oppdrag/engasjement

Detaljer

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR Vedteke i arbeidsmiljøutvalet 23.11.2015 Saksnr. Dok.nr Arkivkode Avd/Sek/Saksh Dykkar ref. 15/733-8 7952/15 044 FSK/PER/LIER Innhaldsliste

Detaljer

Private rehabiliteringsinstitusjonar

Private rehabiliteringsinstitusjonar Private rehabiliteringsinstitusjonar med Helse Vest-avtale i 2012-2014 Private rehabiliteringsinstitusjonar som har avtale med Helse Vest RHF Røde Kors Haugland Rehabliteringssenter Rehabilitering Vest

Detaljer

Med god informasjon i bagasjen

Med god informasjon i bagasjen Evaluering av pasientinformasjon Med god informasjon i bagasjen Johan Barstad Lærings og meistringssenteret Helse Sunnmøre HF SAMAN om OPP Hotell Britannia, Trondheim 18. Februar 2010 Sunnmørsposten, 08.02.10

Detaljer

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen) Tenesteavtale mellom Sauda kommune og Helse Fonna HF Om bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen) Partar Denne avtalen er inngått mellom Sauda kommune og Helse Fonna HF. Bakgrunn og omfang

Detaljer

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg? IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil

Detaljer

Reglement for godtgjersle for kommunale ombod i Aukra kommune

Reglement for godtgjersle for kommunale ombod i Aukra kommune Aukra kommune Reglement for godtgjersle for kommunale ombod i Aukra kommune Gjeldande i perioden 2016-2019 Vedteke i K-sak 74/15, 17.09.2015 ephortenr.: 15/560-6 kdfdksf Innhald 1 Møtegodtgjersle... 3

Detaljer

Arbeidsavklaringspenger (AAP)

Arbeidsavklaringspenger (AAP) Arbeidsavklaringspenger (AAP) Fra 1. mars 2010 erstattet AAP de tidligere ytelsene attføringspenger, rehabiliteringspenger og tidsbegrenset uførestønad. Dersom du på grunn av sykdom eller skade har behov

Detaljer

Ansvar, forsikring og erstatning i forhold til studentar

Ansvar, forsikring og erstatning i forhold til studentar Ansvar, forsikring og erstatning i forhold til studentar Kva reglar gjeld ved skade knytt til undervisning, praksis, ekskursjonar og feltarbeid? Utdanningsforum 17.09.12 Terje Bjelle Hovudprinsippet: Staten

Detaljer

Korleis fylle ut søknadsskjema

Korleis fylle ut søknadsskjema Korleis fylle ut søknadsskjema Les gjennom denne informasjonen før utfylling av søknadsskjema. Vi bed om at skjemaet er så nøyaktig fylt ut som råd, det vil gjera søknadsprosessen lettare for alle partar.

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Oppfølging av sjukmelde

Oppfølging av sjukmelde Oppfølging av sjukmelde "RASKERE TILBAKE" Attføringsbedriftene i Sogn og Fjordane er fylkesdekkande på helse - og rehabiliteringstenester for sj u kmelde a rbeidsta ka ra r. ORIGOD AS er hovudleverandør.

Detaljer

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde Vedteke i kommunestyret 12.12.2013, sak K 13/169 Endra i kommunestyret 27.8.2015, sak K 15/96 Gjeldande frå ny kommunestyreperiode 2015-2019 INNHALD:

Detaljer

REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR

REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR SUND KOMMUNE Dok.dato: 03.06.2013 Vår Ref: 2011002433-3 Arkiv: N-028 REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR Vedteke av kommunestyret 07. nov. 2006 sak K-104/06 gjeldande frå 01.01.2007 Oppdatert etter

Detaljer

Informasjon til pasientar og pårørande

Informasjon til pasientar og pårørande HELSE BERGEN Haukeland universitetssjukehus Informasjon til pasientar og pårørande ReHabiliteringsklinikken Haukeland universitetssjukehus Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering Innhold Velkommen

Detaljer

Bustønad 2008. Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

Bustønad 2008. Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter Bustønad 2008 Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter 2 Denne brosjyren gir eit oversyn over bustønadskontoret. Brosjyren byggjer på gjeldande reglar per 1. januar 2008. Vi gjer

Detaljer

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring // Nedgang i sykepengeutbetalingene til selvstendig næringsdrivende Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring AV JORUNN FURUBERG SAMANDRAG Mange som avsluttar attføring kjem tilbake som yrkesvalhemma

Detaljer

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013 // Notat 1 // 214 656 tapte årsverk i 213 656 tapte årsverk i 213 Av Jorunn Furuberg og Ola Thune Samandrag I 213 gjekk 656 årsverk tapt på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Dei tapte

Detaljer

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE Balestrand kommune GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE Reglement for godtgjersle til folkevalde i Balestrand kommune Revidert og godkjent i Balestrand kommunestyre xxxxxx (sak xx/xxx) Gjeld frå kommunestyerperioden

Detaljer

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET Retningslinjer og informasjon Retningslinjer og informasjon om barnehagetilbodet TILBODET I BARNEHAGANE Barnehagane skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta

Detaljer

Pensjonen din. i KLP!

Pensjonen din. i KLP! Pensjonen din i KLP! 1 2 Innhald: 4 Kort om KLP 6 Kven er omfatta av offentleg tenestepensjonsordning i KLP? 8 Kva er du sikra i KLP? 10 Alderspensjon / Avtalefesta pensjon (AFP) 12 Attførings- og uførepensjon

Detaljer

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL TIME KOMMUNE TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL RUSVERNTENESTER 1. FORMÅL Formålet med tenesta er å oppnå rusmeistring hos brukaren og fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i

Detaljer

Trygderettigheter for kreftpasienter

Trygderettigheter for kreftpasienter Trygderettigheter for kreftpasienter 24.09.15 Marit Gudim sosionom Langvarig sykdom = reduserte inntekter + økte utgifter Kreft og levekår Fafo-rapport 2009:06 Nesten 1 av 3 har opplevd negative endringer

Detaljer

Verja skal bruke skjemaet når det skal søkjast om godtgjering og dekning av nødvendige utgifter knytte til utøvinga av verjeoppdraget.

Verja skal bruke skjemaet når det skal søkjast om godtgjering og dekning av nødvendige utgifter knytte til utøvinga av verjeoppdraget. Søknad om verjegodtgjering Send skjemaet til fylkesmannen i det fylket der personen med verje er folkeregistrert. Verja skal bruke skjemaet når det skal søkjast om godtgjering og dekning av nødvendige

Detaljer

Satsingar hausten 2015 og framover Tore Thorsnes Direktør NAV Sogn og Fjordane

Satsingar hausten 2015 og framover Tore Thorsnes Direktør NAV Sogn og Fjordane NAV Brukarutval Satsingar hausten 2015 og framover Tore Thorsnes Direktør NAV Sogn og Fjordane Kva snakkar eg om då? Litt om hovudbiletet slik vi ser det Korleis er det no korleis bør det bli? Viktige

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0013/03 03/00171 POLITISK KVARTER PERSONAL-OG LØNSUTVALET 04.06.2003

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0013/03 03/00171 POLITISK KVARTER PERSONAL-OG LØNSUTVALET 04.06.2003 OS KOMMUNE Os kommune MØTEINNKALLING Utval: PERSONAL- OG LØNSUTVALET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 04.06.2003 Tid: 17.00 SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0013/03 03/00171 POLITISK KVARTER

Detaljer

8.1 Økonomiske ytelser for personer med kronisk sykdom

8.1 Økonomiske ytelser for personer med kronisk sykdom 8.1 Økonomiske ytelser for personer med kronisk sykdom Nina Grytten Torkildsen, Inghild Follestad og Liv Doksrød En kort oppsummering av de meste relevante støtteordningene fra NAV (Hovedregler) følger

Detaljer

Styresak. 14.05.14 Anne Hilde Bjøntegård Verksemdoverdraging Eidfjord ambulansestasjon

Styresak. 14.05.14 Anne Hilde Bjøntegård Verksemdoverdraging Eidfjord ambulansestasjon Styresak Går til: Føretak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Styremedlemmer Helse Fonna HF 14.05.14 Anne Hilde Bjøntegård Verksemdoverdraging Eidfjord ambulansestasjon Arkivsak 63/13 96/13 O 28/14 A Styresak

Detaljer

Trygderettigheter for kreftpasienter

Trygderettigheter for kreftpasienter Trygderettigheter for kreftpasienter 22.09.16 Marit Gudim sosionom Langvarig sykdom = reduserte inntekter + økte utgifter Kreft og levekår Fafo-rapport 2009:06 Nesten 1 av 3 har opplevd negative endringer

Detaljer

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER Naustdal kommune TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING VED SØKNAD OM PLEIE OG OMSORGSTENESTER - 2 - INNHALD: SAKSHANDSAMING Side 3 1. Grunnlag for tildeling av tenester 2. Sakshandsaming / saksgang 3. Klage

Detaljer

Aon Grieg Bergen. Brosjyre barneulykke. Hordaland Fylkeskommune Januar 2011

Aon Grieg Bergen. Brosjyre barneulykke. Hordaland Fylkeskommune Januar 2011 Aon Grieg Bergen Brosjyre barneulykke Hordaland Fylkeskommune Januar 2011 Innholdsfortegnelse Elevulukke dekningar og forsikringssummar 2 Melderutinar ved Elevulykke 3 Rutinar ved Elevulukke 3 Skadar som

Detaljer

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03. 2012

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03. 2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 17.02.2012 Sakhandsamar: Hans K. Stenby Saka gjeld: Revidert fastlegeforskrift - høyring Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03.

Detaljer

Bustøtteforskriften Utskriftsdato: Status: Dato: Nummer: Utgiver: Dokumenttype: Full tittel: Ikrafttredelse:

Bustøtteforskriften Utskriftsdato: Status: Dato: Nummer: Utgiver: Dokumenttype: Full tittel: Ikrafttredelse: Bustøtteforskriften Utskriftsdato: 22.12.2017 04:47:26 Status: Gjeldende Dato: 29.11.2012 Nummer: FOR-2012-11-29-1283 Utgiver: Kommunal- og moderniseringsdepartementet Dokumenttype: Forskrift Full tittel:

Detaljer

Tenesteavtale5. Mellom Tysvær kommune og Helse Fonna HF. Ansvars- og oppgåvefordeling ved opphald i, og utskriving av

Tenesteavtale5. Mellom Tysvær kommune og Helse Fonna HF. Ansvars- og oppgåvefordeling ved opphald i, og utskriving av Tenesteavtale5 Mellom Tysvær kommune og Helse Fonna HF Ansvars- og oppgåvefordeling ved opphald i, og utskriving av pasientar frå spesialisthelsetenesta Innhald i Partar 3 2 Bakgrunn og lovgrunnlag 3 2.1

Detaljer

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 16.01.2015 SAKSHANDSAMAR: Baard-Christian Schem SAKA GJELD: Differensierte ventetider ARKIVSAK: 2015/1407/ STYRESAK: 012/15 STYREMØTE: 04.02.

Detaljer

TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER.

TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER. TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER. Odda kommune har eit tildelingskontor som skal sikra lik tilgang på helse-og omsorgstenester for innbyggjarane, uavhengig av alder,tenestebehov og bustad. Søknader

Detaljer

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT Presentasjon Politisk dag 12.11.13 ved omsorgstenesta Elisabeth Norman Leversund & Anja Korneliussen BAKGRUNN FOR ORDNINGA OG LOVHEIMEL Ideane bak ordninga kjem frå independent

Detaljer

HELFO utland. Helserettigheter for pensjonister bosatt utenfor EØS. Hanne Grøstad Anita E. Johansen

HELFO utland. Helserettigheter for pensjonister bosatt utenfor EØS. Hanne Grøstad Anita E. Johansen HELFO utland Helserettigheter for pensjonister bosatt utenfor EØS 2015 Hanne Grøstad Anita E. Johansen HELFO Helseøkonomiforvaltningen (HELFO) er en ytre etat under Helsedirektoratet HELFO forvalter årlig

Detaljer

Lønnsundersøkinga for 2014

Lønnsundersøkinga for 2014 Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember

Detaljer

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN VELKOMMEN HEIM Foto: Magnus Endal OPPFØLGING ETTER HEIMKOMST Her finn du informasjon til både deg som har vore på oppdrag i Sierra Leone, og til familien

Detaljer

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå august 2015 1. BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barn med nedsett funksjonsevne kan ha trong for særleg tilrettelegging av fysiske og personalmessige

Detaljer

Informasjon og søknadsblankett for arbeids- eller utdanningsreiser for funksjonshemma

Informasjon og søknadsblankett for arbeids- eller utdanningsreiser for funksjonshemma Informasjon og søknadsblankett for arbeids- eller utdanningsreiser for funksjonshemma Ei forsøksordning i regi av Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Samferdselsdepartementet Samferdselsdepartementet

Detaljer

STYRESAK. DATO: 31.08.2015 SAKSHANDSAMAR: Hilde Rudlang SAKA GJELD: Høyring innføring av fritt rehabiliteringsval ARKIVSAK: 2015/2016 STYRESAK: 084/15

STYRESAK. DATO: 31.08.2015 SAKSHANDSAMAR: Hilde Rudlang SAKA GJELD: Høyring innføring av fritt rehabiliteringsval ARKIVSAK: 2015/2016 STYRESAK: 084/15 STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 31.08.2015 SAKSHANDSAMAR: Hilde Rudlang SAKA GJELD: Høyring innføring av fritt rehabiliteringsval ARKIVSAK: 2015/2016 STYRESAK: 084/15 STYREMØTE:

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer

A VURDERING AV ARBEIDSMOGLEGHEIT / SJUKMELDING 0.2 Etterfølgjande. 2.1 Diagnose/diagnosar (Hovuddiagnose først) 2.2 Kode/ 2.

A VURDERING AV ARBEIDSMOGLEGHEIT / SJUKMELDING 0.2 Etterfølgjande. 2.1 Diagnose/diagnosar (Hovuddiagnose først) 2.2 Kode/ 2. FOLKETRYGDA Om personen og arbeidsforholdet 0. Første. Etternamn, fornamn.3 Telefonnummer A VURDERING AV ARBEIDSMOGLEGHEIT / SJUKMELDING 0.2 Etterfølgjande.6 Namnet til arbeidsgivaren i det arbeidsforholdet

Detaljer

Rapport frå tilsyn med Helse Bergen HF, Voss sjukehus, Psykisk helsevern for barn og unge, BUP Voss

Rapport frå tilsyn med Helse Bergen HF, Voss sjukehus, Psykisk helsevern for barn og unge, BUP Voss Sakshandsamar, innvalstelefon Anne Grete Robøle, 731 Vår dato 9.7.1 Dykkar dato Vår referanse 1/3 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Helse Bergen HF, Voss sjukehus, Psykisk helsevern for barn og unge,

Detaljer

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016 // Notat 2 // 2017 687 000 tapte årsverk i 2016 NAV August 2017 EIER Arbeids- og velferdsdirektoratet Postboks 5, St. Olavs plass 0130 Oslo BESTILLING OG ABONNEMENT Vår e-post adresse er: arbeid.og.velferd@nav.no

Detaljer

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus Informasjon til pasient med brudd i øvre lårbein Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus Kva er eit lårhalsbrudd? Med lårhalsbrudd meiner vi vanlegvis eit brot i øvre del av

Detaljer

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE FOR KOMMUNALE FOLKEVALDE I HAREID KOMMUNE

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE FOR KOMMUNALE FOLKEVALDE I HAREID KOMMUNE REGLEMENT FOR GODTGJERSLE FOR KOMMUNALE FOLKEVALDE I HAREID KOMMUNE 1. KVEN REGLEMENTET GJELD FOR Reglementet gjeld for kommunale folkevalde i Hareid kommune. Som folkevald vert rekna medlemer av kommunestyret,

Detaljer

Innkalling til Administrasjonsutvalet

Innkalling til Administrasjonsutvalet Meland kommune Møtedato: 30.09.2015 Møtestad: Formannskapssalen Møtetid: 09:00 Innkalling til Administrasjonsutvalet Medlemene i Administrasjonsutvalet vert med dette kalla inn til møte. Den som har lovleg

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen Kommunesamanslåinga inneber verksemdoverdraging, og arbeidsmiljølova kap. 16 gjeld.

2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen Kommunesamanslåinga inneber verksemdoverdraging, og arbeidsmiljølova kap. 16 gjeld. Innhald 1. Omstillingsavtale... 2 1.1 Partane i avtalen... 2 1.2 Bakgrunn... 2 1.3 Einingar som vert overført samla til Alver kommune.... 2 2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen... 2 2.1

Detaljer

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK KYSTHOSPITALET I HAGEVIK Kneartroskopi Denne faldaren inneheld informasjon for pasientar som skal få utført artoskopisk kirurgi i kne. Sjå i tillegg faldar med generell informasjon om innlegging eller

Detaljer

Personalportalen. Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune. Til innhaldsregister

Personalportalen. Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune. Til innhaldsregister Personalportalen Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune personalportalen Oppbygging av brukarmanualen Denne brukarmanualen omhandlar

Detaljer

Veileder for behandling av søknader om permisjon fra den pliktige opplæringen

Veileder for behandling av søknader om permisjon fra den pliktige opplæringen Veileder for behandling av søknader om permisjon fra den pliktige opplæringen Vedtatt 23.04.2014, jf. 2 11 i opplæringsloven. 1 Veileder for behandling av søknader om permisjon fra den pliktige opplæringen,

Detaljer

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009 1 Føremål med reglane, kven reglane gjeld for Heradet har som overordna mål, innan gitte økonomiske rammer, å leggja tilhøva til rette for god kompetanseutvikling i heile heradsorganisasjonen, slik at

Detaljer

Pasientundersøkelse NAV vår 2011

Pasientundersøkelse NAV vår 2011 Pasientundersøkelse NAV vår 2011 Undersøkelsen har vært tilgjengelig på LMF s hjemmeside i perioden 30.03 01.07 222 pasienter har svart på undersøkelsen 1 Ingunn Mortensen Project Manager & Market Analyst,

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding: Saksframlegg Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1 Retningslinjer for uønska deltid * Tilråding: Administrasjonsutvalet vedtek retningslinjer for å handsame uønska deltid, dagsett.11.02.2010.

Detaljer

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53. NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53. Kunngjort 29. august 2017 kl. 14.10 PDF-versjon 6. september 2017 22.06.2017 nr. 1295 Forskrift

Detaljer

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde NORDDAL KOMMUNE Reglement for godtgjering til folkevalde Vedteke: Ksak 80/13 Gjeld frå: 01.12.2013 INNHALD: 1.0 Kven reglementet gjeld for... side 2 2.0 Formål... side 2 3.0 Møte... side 2 4.0 Godtgjering...

Detaljer

AUSTRHEIM KOMMUNE KOMMUNALE BETALINGSSATSAR, AVGIFTER OG GEBYR REGULATIV FOR 2014. Satsane gjeld frå 01.01.2014

AUSTRHEIM KOMMUNE KOMMUNALE BETALINGSSATSAR, AVGIFTER OG GEBYR REGULATIV FOR 2014. Satsane gjeld frå 01.01.2014 AUSTRHEIM KOMMUNE KOMMUNALE BETALINGSSATSAR, AVGIFTER OG GEBYR REGULATIV FOR 2014 Satsane gjeld frå 01.01.2014 Vedtatt i Austrheim kommunestyre 4. desember 2013 Alle satsar er inklusiv meirverdiavgift

Detaljer

OPERASJON I MAGE ELLER TARM

OPERASJON I MAGE ELLER TARM OPERASJON I MAGE ELLER TARM KJÆRE PASIENT Velkommen til avdeling for gastro og akuttkirurgi. Dette er informasjon til deg som er operert på grunn av akutt stopp i fordøyinga. ILLUSTRASJON AV MAGE OG TARM

Detaljer

Bustønad. Ei stønadsordning for pensjonistar og barnefamiliar

Bustønad. Ei stønadsordning for pensjonistar og barnefamiliar 2006 Bustønad Ei stønadsordning for pensjonistar og barnefamiliar 2 Denne brosjyren gir eit oversyn over bustønadsordninga. Brosjyren byggjer på gjeldande reglar per 1. januar 2006. Vi gjer merksam på

Detaljer

AUSTRHEIM KOMMUNE KOMMUNALE BETALINGSSATSAR, AVGIFTER OG GEBYR REGULATIV FOR 2013. Satsane gjeld frå 01.01.2013

AUSTRHEIM KOMMUNE KOMMUNALE BETALINGSSATSAR, AVGIFTER OG GEBYR REGULATIV FOR 2013. Satsane gjeld frå 01.01.2013 AUSTRHEIM KOMMUNE KOMMUNALE BETALINGSSATSAR, AVGIFTER OG GEBYR REGULATIV FOR 2013 Satsane gjeld frå 01.01.2013 Vedtatt i Austrheim kommunestyre 5. desember 2012 Alle satsar er inklusiv meirverdiavgift

Detaljer

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT MASFJORDEN KOMMUNE Sosialtenesta Nav Masfjorden Postboks 14, 5987 Hosteland Tlf 815 81 000/47452171 Unnateke for offentleg innsyn Jf. Offlentleglova 13 SØKNAD OM STØTTEKONTAKT Eg vil ha søknaden handsama

Detaljer

DIGITAL SJUKMELDING FRÅ RETTLEIING FOR MEDARBEIDAR

DIGITAL SJUKMELDING FRÅ RETTLEIING FOR MEDARBEIDAR DIGITAL SJUKMELDING FRÅ 15.01.18 - RETTLEIING FOR MEDARBEIDAR Bakgrunn Frå 15. januar 2018 blir det frå NAV si hand lagt opp til at alle sjukmelde skal sende både sjukmeldinga (Tidligare kalla C-del) og

Detaljer

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå 15.08.12 Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra Side 2 VEDTEKTER FOR KOMMUNALE SKOLEFRITIDSORDNINGER I AUKRA KOMMUNE. 1 Eigarforhold. Aukra

Detaljer

TILRETTELAGT TRANSPORT I SOGN OG FJORDANE

TILRETTELAGT TRANSPORT I SOGN OG FJORDANE TILRETTELAGT TRANSPORT I SOGN OG FJORDANE RETNINGSLINJER GJELD FRÅ 01.01.2018 1. Formål Transportteneste for funksjonshemma, TT-ordninga, er eit tilbod om drosjetransport til personar busett i Sogn og

Detaljer

REGLEMENT FOR GODTGJERING TIL FOLKEVALDE

REGLEMENT FOR GODTGJERING TIL FOLKEVALDE REGLEMENT FOR GODTGJERING TIL FOLKEVALDE Vedtatt i Telemark fylkesting, sist endra i sak 42/15 Godtgjeringssatsane er sist regulerte pr. 01.01.2016 1 OMFANG Dette reglementet omfattar: - alle representantar

Detaljer

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid BEST. NR. 456-NYN Ungdom i arbeid Utgitt første gong i 1985 Direktoratet for arbeidstilsynet Statens hus, 7468 Trondheim September 2002 Brosjyren er revidert og har fått ny lay-out. Mars 2008 Brosjyren

Detaljer