Rapport frå samarbeidsprosjekt

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Rapport frå samarbeidsprosjekt"

Transkript

1 Rapport frå samarbeidsprosjekt Namn på prosjektet: Nye vegar til betre nynorsk Barnehage/skule: Torstad ungdomsskole, Asker kommune (postadresse) Torstadbakken Hvalstad Oppstart månad/år: August 2012 (e-post) Rektor: (namn) Rolf Krohg-Sørensen (e-post) Prosjektleiar: (namn) Magne Hasund (e-post) Årssteg: 10. Tal på klasser: 6 (telefon) (telefon) (telefon) Kommentarar: Om lag 150 elevar, 6 norsklærarar og bibliotekar har vore med i prosjektet. Prosjektet er eittårig med rom for vidareføring og utvikling. Side 1 av 6

2 Mål og tiltak: Overordna mål: Styrke dugleiken i nynorsk hjå elevane Styrke dei grunnleggjande ferdigheitene i lesing og skriving Delmål: Bidra til at elevane blir tryggare på ulike skrivestrategiar Bidra til at elevane blir tryggare på ulike lesestrategiar Bidra til at elevane opplever glede og auka motivasjon i møte med nynorsk Styrke kompetansen til lærarane i å drive opplæring innanfor tekstskriving Styrke og vidareutvikle samarbeidet mellom ulike fag og lærarar på trinnet Gjere nynorsken meir synleg ved skulen Utgangspunkt for å ta del i utviklingsprosjektet Hovudmålet til elevane våre er bokmål. Dei har få naturlege språkmøte med nynorsken og har sjeldan eit personleg forhold til nynorsk. Før prosjektet starta, opplevde vi at elevane mangla motivasjon til å arbeide med sidemålet, og vi leitte etter motiverande måtar å drive god opplæring i nynorsk. (Tiltak for å nå måla:) For å auke talet på språkmøte, har vi arbeidd breiare med nynorsk gjennom: Skjønnlitterær skriveverkstad i regi av Magnhild Bruheim med vekt på å skrive spanande. Teaterverkstad for alle elevane på Det Norske Teatret knytt til oppsetjinga Jungelboka. Dramaveke på skulen der vi sette opp ulike skodespel, fleire av desse på nynorsk (Namnet, Verdas mest forelska par). Lesing av tekster på nynorsk i andre fag enn norsk. Skriving på tvers av fag, inkludert kurs for lærarane med Ann Kristin Øgreid. Skrivekonkurranse der elevane kunne levere ei nynorsktekst kvar. Litteraturformidling til elevane ved Janne Karin Støylen. Utviding av tilbodet av nynorsk skjønnlitteratur på skulebiblioteket. Auka bruk av nynorsk i kommunikasjonen vår med elevane, mellom anna med vekeplanar på nynorsk. I tillegg deltok lærarane i prosjektgruppa på seminar i regi av Nynorsksenteret. Vi har hatt jamlege samarbeidsmøte mellom lærarane i prosjektgruppa der vi har reflektert rundt erfaringar og planlagt framdrifta. Skulen har hatt fokus på lesestrategiar generelt dette skuleåret, og vi har lagt vekt på dette i arbeidet med tekster på nynorsk. Prosjektet har kome inn i dei lokale planane og er presentert på heimesida til skulen. Dei føresette har fått informasjon om prosjektet på foreldremøte, og vi har oppmoda dei til å støtte skulen og elevane i arbeidet med nynorsk. Side 2 av 6

3 Organisering og gjennomføring av tiltak: (Forklar korleis prosjektet har vore organisert ) Norsklærarane på 10. trinn, bibliotekaren ved skulen og ein av inspektørane har vore med i prosjektgruppa. Prosjektgruppa har hatt jamlege møte i løpet av skuleåret for å organisere aktivitetane i prosjektet og reflektere rundt erfaringar og framdrift. Vi har delt på ansvaret for å fylgje opp ulike aktivitetar. Til dømes har bibliotekaren organisert skrivekonkurransen og skriveverkstaden, medan andre lærarar har planlagt skriving på tvers av fag. Alle har teke ansvar for å organisere tiltaka, og alle klasser har fått informasjon på nynorsk, mellom anna i form av vekeplanar på nynorsk. Rektor og inspektør ved skulen har vore med på nokre av møta i gruppa, men inspektør har hatt permisjon sidan midten av april, og fokuset frå leiinga si side inn i prosjektet har blitt mindre etter det. Prosjektleiar og ein av prosjektlærarane har sluttført planar, refleksjonslogg og sluttrapport i samråd med hine i gruppa. Prosjektleiar har informert resten av personalet om deltakinga i prosjektet på fellesmøte og involvert norsklærarane på 8. og 9. trinn gjennom eigne møte. Norsklærarane frå 8. og 9. trinn, som skal ha 9. og 10. skuleåret , skal vere med på seminar i prosjektgruppa 12. juni. (Gi eksempel på korleis tiltaka har vorte gjennomførte) Eitt av tiltaka våre var skriveverkstad i regi av forfattaren Magnhild Bruheim. Ho vitja skulen i november 2012 og hadde 90 minutt i kvar elevgruppe saman med lærarar frå prosjektgruppa. Bruheim hadde eit variert pedagogisk opplegg med ulike skrivestrategiar der elevane skulle skrive fleire korte tekster på nynorsk og framføre nokre av desse for resten av gruppa. Vekta låg på å lage levande skildringar og å byggje opp spaninga i teksta. Ho brukte eksempeltekster, modellerte og nytta ulike fotografi og objekt som utgangspunkt for øvingane. Elevane byrja i slutten av økta på ei skjønnlitterær tekst som vi arbeidde vidare med i ettertid. Samarbeidspartnarar: (Eventuelt andre enn Nynorsksenteret) Ingen Side 3 av 6

4 Evaluering/måloppnåing - I kva grad har de nådd måla for prosjektet? (Kva meiner prosjektlærarane) Dersom vi tek utgangspunkt i elevtekstene, ser vi at elevane har styrka dugleiken sin i nynorsk. Særleg gjeld dette ordtilfanget og korleis dei nyttar ulike tekstbindarar. Generelt har elevane blitt tryggare på å skrive i avsnitt både på bokmål og nynorsk, og dei lukkast betre med å argumentere i eigne saktekster enn tidlegare. I skjønnlitterære tekster har elevane fått nye verkty for å gjere teksta levande og spanande, mellom anna gjennom gode skildringar. Vi ser at nynorsken er på veg til å bli meir synleg ved skulen. Mellom anna har arbeidet med nynorsk vorte festa i dei lokale læreplanane og på heimesida til skulen. Vidare har aktivitetane i prosjektet auka talet på språkmøte og innført nynorsk i fleire domene. På tiande trinn har vi hatt vekeplanar og informasjon på læringsplattforma på nynorsk. Vi har òg nytta tekster og læremiddel på nynorsk i andre fag enn norsk. Alle elevane på skulen har møtt nynorsk i større grad enn tidlegare ved å delta som publikum både under dramaveka og kåringa av vinnarar i skrivekonkurransen. Biblioteket har utvida samlinga med nynorske bøker, og utlånsoversikta syner at elevane låner langt fleire bøker på nynorsk enn tidlegare. Elevane har opplevd glede i møtet med nynorsk gjennom ulike dramatiseringsøvingar på skulen og på Det Norske Teatret. Dei uttrykkjer at dei har vorte meir trygge på nynorsken etter å ha dramatisert og slik brukt språket munnleg. Det er i stor grad gode haldningar i elevgruppa når det gjeld arbeid med nynorsk, og elevane har merkbart større motivasjon enn tidlegare. Arbeidet med lesestrategiar på skulen bidreg òg til at elevane ikkje stoggar opp i møte med ei tekst på nynorsk. Prosjektlærarane har fått fleire verkty i arbeidet med nynorsk gjennom å tenkje meir heilskapleg. Vi har hatt fokus på å møte og bruke nynorsk i ulike situasjonar og teksttypar. Gjennom refleksjon har vi endra innstilling frå å bruke nynorsk når vi måtte, til å nytte nynorsk når vi kan. Som lærarar har vi blitt tryggare i å bruke nynorsk og vel oftare denne målforma enn tidlegare. Lærarane i prosjektgruppa har fått eit tett samarbeid. Vi har saman utvikla ein kultur der erfaringsdeling, refleksjon over eigen praksis og planlegging av nye aktivitetar har vore i fokus. Bibliotekaren har òg hatt svært mykje å bidra med i denne prosessen med mange innspel og gode aktivitetar. Det tette samarbeidet har skapt einskap i norskopplæringa på trinnet, og kjensla av fellesskap har gitt oss auka motivasjon. Vi har i større grad drøfta skriving og lesing med andre faglærarar enn tidlegare. Samarbeidet med skriving og lesing på tvers av fag har gjort skepsisen til nynorsk hjå andre lærarar mindre, og dei har såleis vorte ein positiv haldningsskapande faktor. Heile trinnet har opplevd større fellesskap enn tidlegare dette året, og deltakinga i prosjektet har gitt oss eit lyft. (Kva meiner elevane?) Elevane gir uttrykk for: Større forståing for kvifor dei skal ha opplæring i sidemål. Side 4 av 6

5 Særleg vart dei inspirerte under arbeidet med drama. Munnleg aktivitet og leik har ufarleggjort nynorsken. Morosamt med teaterverkstad på Det Norske Teatret. Fint med skriveverkstad med gode aktiviteter. Dei føler dei kan fleire ord og uttrykk for å binde teksta saman. Det er lettare å skrive nynorsk enn tidlegare. Nynorsk er mindre framand. Uvant å lese nynorsk i andre fag enn norsk, særleg i starten. Dei les gjerne nynorsk skjønnlitteratur. Skulle gjerne starte med nynorsk tidlegare i skulen. (Kva meiner leiinga ved skulen?) Leiinga har opplevd at haldningane til faget nynorsk har endra seg. Faget har fått ein ny status og blitt ein meir naturleg og integrert del av undervisninga i norsk. Det verkar som om skillet mellom undervisning i nynorsk og bokmål har blitt meir jamstilt, og at lærarane vågar å velje nynorsk der det er naturleg. Prosjektlærarane har hatt ein positiv innverknad på kvarandre til å verdsette nynorsk som ein måte å uttrykke seg på. Dette har smitta over på elevane. Vi opplever også at elevane sin «motstand» mot faget har minka. Elevane har òg møtt nynorsk i mange daglege situasjonar, gjennom vekeplanar og beskjeder på It s learning. Dette har ført til at det er akseptabelt å snakke og lese nynorsk. Biblioteket ved skulen har spela ei aktiv rolle i prosjektet. Det har blitt kjøpt inn god ungdomslitteratur til biblioteket og elevane har i stor grad nytta seg av denne litteraturen. Det verkar som om god ungdomslitteratur på nynorsk har blitt jamstilt med tilsvarande bøker på bokmål. Skolen sin bibliotekar har gjennom prosjektperioden spela ei aktiv rolle med gode innspel og vore ein sentral person i avviklinga av skrivekonkurransen, som i år blei gjennomført på nynorsk. Her blei mange tekster nominert og tre tekster premiert. Skriveverkstadene med Magnhild Bruheim har verka positivt inn på haldningane til elevar og lærarar. Dei har verka inn på korleis dei tør å sleppe seg laus når det skal skrivast. Å bruke språket for å uttrykke eigne spontane tankar og meiningar gjer at det nynorske språket har blitt ei meir naturleg uttrykksform for elevane. Prosjektet har over tid skapt ei tettare erfaringsdeling - og planleggingsskultur for lærarane. Der eit årleg nynorskseminar med heile norskseksjonen ved skulen står sentralt. At alle lærarar på trinnet og i skolen har vore involvert har gjort at lærarane har støtta kvarandre og skapt eit positivt engasjement. Samarbeidet har utløyst kreativitet og støtte blant lærarane. Samtidig har det resultert i positive haldningar hjå elevane når dei blir engasjerte i gode aktivitetar, som gir positive opplevingar med nynorsk som språk. Side 5 av 6

6 Endring av praksis På kva måtar har utviklingprosjektet endra praksis (i klasseromet) Vi nyttar nynorsk i større grad, også i fleire fag enn norsk Vi nyttar fleire ulike læringsaktivitetar enn tidlegare Vi har fått meir medviten bruk av lesestrategiar Vi har fått meir medviten bruk av skrivestrategiar (i institusjonen) Tettare samarbeid mellom lærarane, også på tvers av fag Større fokus på refleksjon over eigen praksis for å utvikle opplæringa Større tryggleik i bruken av nynorsk og meir aksept for nynorsk Nynorsk har blitt mykje meir synleg ved skulen På kva måte blir erfaringane tekne med vidare i det lokale læreplanarbeidet: Lærarane på alle tre trinn må med i prosjektgruppa for å vidareutvikle opplæringa i nynorsk. Aktivitetar må planfestast på alle tre trinn. Implementere det som har vore gjort. Kva er dei viktigaste erfaringane de har gjort dykk? Mange språkmøte er viktig for å gi elevane eit naturleg forhold nynorsk. Varierte aktivitetar, prega av leik og dramatisering gir auka motivasjon. Skriving av korte tekster utan vurdering gjer nynorsken ufarleg. Godt og oppdatert utval av nynorsk skjønnlitteratur på biblioteket aukar interessa for lesing på nynorsk. Tett samarbeid mellom lærarar er ein føresetnad for å lukkast og auke vår eigen motivasjon. Leiinga må vere aktivt med i prosjektet. Prosjektarbeidet må ligge i planane til skulen. Lærarane treng å frigjerast tidsmessig for samarbeid og fagleg utvikling. Opplæringa må starte tidleg. Side 6 av 6

Strategiar i sidemålsundervisinga

Strategiar i sidemålsundervisinga Strategiar i sidemålsundervisinga Nye vegar til betre nynorsk Torstad ungddomsskole 2012-2016 Arbeidet med Nye vegar til betre nynorsk Torstad ungdomsskole og prosjektet Nye vegar til betre nynorsk Strategiar

Detaljer

Strategiar i sidemålsundervisinga

Strategiar i sidemålsundervisinga Strategiar i sidemålsundervisinga Nye vegar til betre nynorsk Torstad ungddomsskole Asker kommune Torstad ungdomsskole og prosjektet Nye vegar til betre nynorsk Strategiar for auka motivasjon og meistring

Detaljer

Digitale ferdigheiter med "Søk og finn"

Digitale ferdigheiter med Søk og finn Digitale ferdigheiter med "Søk og finn" Volda ungdomsskule, Volda, Møre og Romsdal (8 10) Av Mari-Anne Mørk Etter at dei fekk plass i Program for skulebibliotekutvikling, har Volda ungdomsskule på Sunnmøre

Detaljer

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan 2010-11 Blhbs.DOCSide 1 av 6

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan 2010-11 Blhbs.DOCSide 1 av 6 KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE Visjon: Læring og trivsel hånd i hånd Samarbeid og glede gir kreativ ånd HANDLINGSPLAN C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan

Detaljer

Halvårsplan, hausten 2011

Halvårsplan, hausten 2011 Halvårsplan, hausten 2011 Skule Straumen skule Rektor e-post Inger Marie Tørresdal imt@tysver.kommune.no Prosjektansvarleg Grete Fjeldheim Vestbø e-post GFVestbo@tysver.kommune.no Skriv kort kva skulen

Detaljer

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med: Tid Kompetansemål frå kunnskapsløftet Elevane skal kunne: V 34-40 lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og skilje mellom meiningar og fakta uttrykke og grunngi eigne standpunkt og vise respekt for

Detaljer

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Utviklingsplan 2015 Meling skule. Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare. Utviklingsplan 2015 Meling skule "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare." GRUNNGJEVING FOR VAL AV SATSINGSOMRÅDE Me har bestemt oss for å føre vidare satsingsområda Samarbeid

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Ulstein ungdomsskule Ligg i Ulstein kommune på Sunnmøre Noregs mest attraktive kommune 2012 Nybygd skule innflytta elevar rein ungdomsskule 1

Ulstein ungdomsskule Ligg i Ulstein kommune på Sunnmøre Noregs mest attraktive kommune 2012 Nybygd skule innflytta elevar rein ungdomsskule 1 Ulstein ungdomsskule Ligg i Ulstein kommune på Sunnmøre Noregs mest attraktive kommune 2012 Nybygd skule innflytta 2009 357 elevar rein ungdomsskule 14 klasser aukande elevtal Neste haust 380 elevar, 15

Detaljer

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Leseglede saman for betre lesing i alle fag Leseglede saman for betre lesing i alle fag Brandsøy skule (1 7 + barnehage) og Krokane skule (1 7), Flora, Sogn og Fjordane Av Mari-Anne Mørk Flora kommune ønskjer å nytte skulebiblioteka meir systematisk

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Varhaug skule Innhald 1 Innleiing 2 Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Varhaug skule 2.1 Trendutvikling læringsresultat 2.2 Trendutvikling læringsmiljø

Detaljer

Årsplan for Norsk

Årsplan for Norsk Årsplan for Norsk 9 2017-2018 Med utgangspunkt i revidert læreplan av hausten 2013: http://www.udir.no/kl06/nor1-05 Ramme: 5 veketimar Læreverk: Frå Saga til CD 9a og 9b Norskfaget inneheld ein stor variasjon

Detaljer

Vaksenopplæringa i Sula

Vaksenopplæringa i Sula Vaksenopplæringa i Sula Vedlikehald av kunnskap, læring og utvikling. Kommunikasjon Meistring Engasjement Glede og latter Sosial kompetanse Kommunikasjon For oss kan kommunikasjon vere å formidle og å

Detaljer

Vi lever av kunnskapen

Vi lever av kunnskapen Vi lever av kunnskapen Bergsøy skule, Herøy, Møre og Romsdal (1 7) Av Mari-Anne Mørk Med prosjektet Vi lever av kunnskapen har Bergsøy skule valt å knyte undervisning i informasjonskompetanse til dei lokale

Detaljer

Årsplan i norsk for 6. klasse

Årsplan i norsk for 6. klasse Periode/ veke Gjennomgåande tema Rettskriving lyst Årsplan i norsk for 6. klasse 2017-2018 Emne Kompetansemål Arbeidsmetodar Elevvurdering Bokslukerprisen.no Meistre sentrale regler formverk og ortografi

Detaljer

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland Utviklingsplan 2015 2016 for Vigrestad skule Dagfrid Bekkeheien Skrettingland Vigrestad skule Kort oppsummering av status læringsresultat og læringsmiljø Læringsresultat: Satsingsområda for Vigrestad skule

Detaljer

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette? I skuleåret 2015/16 gjekk vi frå å ha både nynorsk- og bokmålsundervisning kvart semester til å berre bruke ei målform kvart semester og berre vurdere elevane i den eine målforma det semesteret. I samband

Detaljer

«Hjartet i skulen» Eit utviklingsprosjekt på Volda ungdomsskule

«Hjartet i skulen» Eit utviklingsprosjekt på Volda ungdomsskule «Hjartet i skulen» Eit utviklingsprosjekt på Volda ungdomsskule 2011-2013 Volda ungdomsskule Biblioteket vårt Visjon Hovudmålet er at biblioteket i større grad skal vere ein sentral læringsarena i fleire

Detaljer

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers Alle foto: Elisabeth Tønnessen Kjære føresette Barnet ditt skal byrje i første klasse på ein skule som har takka ja til å vere med

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for. Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar for Gimle skule 1 Lovverk Opplæringslova Føremålet med denne planen Rutinane skal

Detaljer

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule UTVIKLINGSPLAN 2018-2019 Bø skule 1.0 Mål... 3 1.1 Lesing... 3 1.2 Inkluderande og trygt skulemiljø... 3 2.0 Nå-situasjonen ved Bø skule... 3 2.1 Nå-situasjonen knyta til lesing... 3 2.2 Nå-situasjonen

Detaljer

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon Hovudtema: Kompetanse og motivasjon 1. Arbeid med å konkretisere nasjonale læreplanar er ein kontinuerleg prosess ved skolen 2. Lærarane forklarer elevane kva

Detaljer

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk Lese snakke skrive OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk Som tittel på sitt ressursprosjekt har Os barneskule i Hordaland valt Lese snakke skrive, der den sentrale tanken er at elevane må

Detaljer

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18 BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18 BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN HAUSTEN 2017-18 «Samarbeid, Kontinuerleg framgang, Omsorg SKO deg for livet!» Eleven si faglege resultat ligg stabilt på eller over landsgjennomsnittet

Detaljer

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune. 28.5.2018 Til Dei vidaregåande skolane Handlingsplan for skolebiblioteka - høyringsutkast Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Detaljer

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing Kvifor satse på lesing? si rolle i ungdomstrinnsatsinga Praktiske eksempel / erfaringar frå piloteringa Nettresurssar Kva er tilgjengeleg for kven Eksempel

Detaljer

Årsplan i norsk for 6. klasse

Årsplan i norsk for 6. klasse Periode/ veke Gjennomgåande tema Rettskriving Årsplan i norsk for 6. klasse 2016-2017 Emne Kompetansemål Arbeidsmetodar Elevvurdering Meistre sentrale regler formverk og ortografi og skrive tekster med

Detaljer

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret LEIRVIK SKULE I dette heftet finn de: Velkomen til skuleåret 2017 2018 - Informasjon om skulen sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø - Trivselsreglar - Innkalling til foreldremøte i veke 35 og

Detaljer

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur Dette opplegget, som handlar om å kunne jobbe med nynorsk i eit komparativt perspektiv og finne reglar for korleis nynorsk er bygd opp, er blitt til i samarbeid

Detaljer

VFL Lom kommune. Vart kasta inn i prosjektet, lita tid til planlegging derfor litt tilfeldig organisering og val av kompetansemiljø.

VFL Lom kommune. Vart kasta inn i prosjektet, lita tid til planlegging derfor litt tilfeldig organisering og val av kompetansemiljø. VFL Lom kommune Utfordringar ved oppstart: Vart kasta inn i prosjektet, lita tid til planlegging derfor litt tilfeldig organisering og val av kompetansemiljø. Kommunen i gang med anna utviklingstiltak.

Detaljer

Utviklingsplan

Utviklingsplan 1 Utviklingsplan 2016 2017 2 Skulen sin visjon og pedagogisk plattform Visjon «Framtidsyrke med fagleg styrke» Pedagogisk plattform mangfald og meistring omsorg for alle yrkesfag og framtid verdifulle

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2014-2015 Varhaug skule Tidlegare har Hå kommune i større grad vedteke utviklingsområder (satsingsområder) for skulane. Frå og med skuleåret 2014/2015 vil det vere skulane sjølv

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK FOR 5. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: God i ord. Reflektera over eiga læring. Tekstsamling Språkboka s. 8-25

ÅRSPLAN I NORSK FOR 5. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: God i ord. Reflektera over eiga læring. Tekstsamling Språkboka s. 8-25 ÅRSPLAN I NORSK FOR 5. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: God i ord Veke TEMA MÅL (K06) LÆRINGSMÅL INNHALD (Lærebøker..) 34 Forord Motivera for arbeid med Språkboka s. 5-7 faget Verta kjend Inn i teksten s.

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet Utviklingsplan skuleåret 2017-2018 Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet Innleiing Utviklingsplanen synar korleis skulen vil vidareutvikla det pedagogiske arbeidet og i kva retning skulen

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV SKULEBIBLIOTEKA FOR BARNETRINNET I SULDAL

PLAN FOR BRUK AV SKULEBIBLIOTEKA FOR BARNETRINNET I SULDAL PLAN FOR BRUK AV SKULEBIBLIOTEKA FOR BARNETRINNET I SULDAL SKULEBIBLIOTEK OG KUNNSKAPSLØFTET Alle barn og unge er sikra tilgjenge til bibliotek gjennom skulebiblioteka. Velfungerande skulebibliotek er

Detaljer

Skuleutvikling i arbeidet med dei fire prinsippa i VFL

Skuleutvikling i arbeidet med dei fire prinsippa i VFL Skuleutvikling i arbeidet med dei fire prinsippa i VFL Sett som skuleeigar Pedagogisk rettleiar Ressursperson i vfl pulje 5 Skuleeigarnettverk i regionen Men, også som veileder i veilederkorpset og eksternvurderer

Detaljer

LESING OG SKRIVING I YF

LESING OG SKRIVING I YF LESING OG SKRIVING I YF Ressurser i Språkløyper.no Lesesenteret og Skrivesenteret Støle, Berge, Magerøy-Grande & Angvik GOD LESEOPPLÆRING Økt 1 Kva er lesing? Kva kjenneteiknar ein god lesar? Kva kjenneteiknar

Detaljer

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring. ÅRSPLAN 2006-2007 Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.» Velkommen til barnehageåret 2006-2007!

Detaljer

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet Austevoll kommune Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet Møtestad: Sol-li barnehage AS Møtedato: 20.11.2014 Møtetid: 15:00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 5508 10 00 servicekontoret eller til postmottak@austevoll.kommune.no.

Detaljer

Utviklingsplan. Luster Oppvekstsenter

Utviklingsplan. Luster Oppvekstsenter Utviklingsplan Luster Oppvekstsenter 18 1 UTVIKLINGSPLAN Luster oppvekstsenter 2018 Felles barnehage og skule Skriving og lesing som grunnleggjande dugleik IKT i opplæringa Styrke kunnskapen om den første

Detaljer

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE 2013-2014

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE 2013-2014 ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE 2013-2014 PRINSIPP 1 Barna/elevane får eit variert, aktivt og stimulerande tilbod med fokus på læring 1. Opplæringa er allsidig og legg vekt på a. Høgt fagleg nivå b. Utvikling

Detaljer

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig

Detaljer

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING» NASJONAL SATSING STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING» Innføring av valfag Auka fleksibilitet Varierte arbeidsmåtar Eit meir praktisk og relevant ungdomstrinn beherske grunnleggande

Detaljer

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule Utviklingsplan 2016-2017 Skule: Vigrestad storskule Status læringsresultat og læringsmiljø. Utgangspunktet for analysen er dei nasjonale og Jærskulen sine mål; Alle elever skal mestre grunnleggende ferdigheter

Detaljer

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 28. mai 2015 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Utviklingsplan Frøyland Ungdomskule

Utviklingsplan Frøyland Ungdomskule Utviklingsplan 17-18 Frøyland Ungdomskule Innhald INNHALD... INNLEIING... 3 RESULTAT 1-17... LÆRINGSRESULTAT... SKRIFTLEG EKSAMEN... NASJONALE PRØVAR... 5 LÆRINGSMILJØ... 8 ELEVUNDERSØKINGA... 8 OLWEUSUNDERSØKINGA...

Detaljer

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule Rettleiar for gjennomføring av vennegrupper på HBUS. «Jo mere vi er sammen» Utarbeida av Arbeidsgruppe 1 ved HBUS 1. Innføring av vennegrupper som strategisk

Detaljer

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 HANDLINGSPLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING 2012 Premissar. Det vart gjennomført ei grundig kompetansekartlegging i heile grunnskulen i Herøy hausten 07. Kritisk

Detaljer

Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret

Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret 2015-2016 2007 2008 Visjonen SBSK: Vi trivest på skulen. Vi samarbeider. Vi føler ansvar for kvarandre. Vi søkjer kunnskap. 1 Innhald: 1. Plangrunnlag s.

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring Utviklingsplan skuleåret 2016-2017 Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring Innhald Innleiing s. 3 Oppsummering av læringsmiljø og læringsresultat s. 3 Prioriterte utviklingsområder for skulen s.

Detaljer

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule Utviklingsplan 2018-2019 Skule: Vigrestad storskule Mål 1: Elevane skal oppleve ein meir praktisk skule der elevane får erfaring med og utvikle sine praktiske talent. a. Elevane skal få bruke sine praktiske

Detaljer

Foreldrebrosjyre. til deg som har barn med dysleksi

Foreldrebrosjyre. til deg som har barn med dysleksi Foreldrebrosjyre til deg som har barn med dysleksi Kva er dysleksi? Lesing er samansett av to komponentar: ordavkoding og forståing. I tillegg er motivasjon ein avgjerande faktor i leseprosessen. Lesing

Detaljer

Strategidokument

Strategidokument Språkkommunen Stord Strategidokument 2018-2019 Innhald Innleiing... 3 Føremål... 3 No-situasjon/ situasjonsskildring... 4 Hovudmål / overordna mål... 4 Målgruppe... 4 Innsatsområder og resultatmål... 4

Detaljer

Årsplan i norsk, skuleåret

Årsplan i norsk, skuleåret Årsplan i norsk, skuleåret 2017-2018 Klasse: 8a og b Lindås ungdomsskule 5955 LINDÅS Tlf. 56375054 Faglærarar: Torild Herstad og Jonas Buene Hovudkjelder: Frå Saga til CD, læreverk frå Forlaget Fag og

Detaljer

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune Forord Dette er ein plan som skal vere forpliktande for alle barnehagane og grunnskulane i Luster kommune. Den skal sikre progresjon, heilskap

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.» Utviklingsplan skuleåret 2017-2018 Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.» Undheim skule med oppsummering av læringsresultat og læringsmiljø: Undheim skule har i skuleåret

Detaljer

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk Kunnskapsdepartementet: Læremiddel i tide Kunnskapsdepartementet vil vidareføre tiltak frå 2008 og setje i verk nye tiltak for å sikre at nynorskelevar skal

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Engelsvoll skule

Utviklingsplan skuleåret Engelsvoll skule Utviklingsplan skuleåret 2017-2018 Engelsvoll skule Status Engelsvoll skule har eit langsiktig fokus på å halde oppe og vidareutvikla eit godt læringsmiljø for elevane, med vekt på relasjonsbygging og

Detaljer

Årsplan i norsk, skuleåret 2015-2016

Årsplan i norsk, skuleåret 2015-2016 Årsplan i norsk, skuleåret 2015-2016 Klasse: 8a b Lindås ungdomsskule 5955 LINDÅS Tlf. 56375054 Faglærarar: Solveig Skeidsvoll Frode Waardal Hovudkjelder: Frå Saga til CD, læreverk frå Forlaget Fag Kultur

Detaljer

2NK171-3 Norsk 2 i GLU 1-7

2NK171-3 Norsk 2 i GLU 1-7 2NK171-3 Norsk 2 i GLU 1-7 Emnekode: 2NK171-3 Studiepoeng: 30 Språk Norsk Krav til forkunnskaper Norsk 1 for GLU 1.-7.trinn eller tilsvarande må være fullført og bestått. Læringsutbytte I norsk 2 skal

Detaljer

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Oppstart. Bli kjent med kvarandre. Ulike lesestrategiar

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Oppstart. Bli kjent med kvarandre. Ulike lesestrategiar Årsplan i norsk for 8.årssteg. Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Oppstart. Bli kjent med kvarandre. Ulike lesestrategiar 35 Ulike lesestrategiar Gjere eleven bevisst på

Detaljer

Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering.

Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering. Å laga forbindelser mellom teksten og eleven sjølv Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering. ARTIKKEL SIST ENDRET: 10.09.2015 Innanfor

Detaljer

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty.

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty. Handlingsplan for biblioteket ved Sylte skule, perioden 2009-2010 Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty. 1. Biblioteket skal vere ein viktig aktør når det gjeld å stimulere elevane til leselyst, og vere

Detaljer

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss VURDERING fordi vi stiller krav og vi bryr oss 3 Helsing frå rektor INNHALD Helsing frå rektor Side 3 Skulen sin visjon Side 4 Kva handler vurdering om Side 5 Dette har du som elev plikt til Side 6 Dette

Detaljer

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018 Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018 Første trinn 1a: Lillian og Kristina 1b: Christina og John Morten Nina, Jannicke og Kim Andre Tilsette ved skulen 25 lærarar. 14 fagarbeidarar/assistentar

Detaljer

Ungdomstrinnsatsinga

Ungdomstrinnsatsinga Ungdomstrinnsatsinga 2012-2016 Stortinget behandla stortingsmeldinga om ungdomstrinnet Meld. St. 22 (2010 2011) Motivasjon Mestring Muligheter i januar 2012. Strategi for ungdomstrinnet: Motivasjon og

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10.

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2019 Åndalsnes 30.06.19 Anne Mette Korneliussen Oppmann Innhald

Detaljer

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE Visjon: Læring og trivsel hånd i hånd Samarbeid og glede gir kreativ ånd HANDLINGSPLAN 2008/09 FORORD Kvalitetsutviklingsplanen for Blindheim barneskole

Detaljer

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 11. januar 2007 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. 1 Øystese barneskule Innleiing: September-2012 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja

Detaljer

Utviklingsplan 2016 Meling skule. «Elevarbeid 6. klasse»

Utviklingsplan 2016 Meling skule. «Elevarbeid 6. klasse» Utviklingsplan 2016 Meling skule «Elevarbeid 6. klasse» GRUNNGJEVING FOR VAL AV SATSINGSOMRÅDE Me vil dette skuleåret føre vidare Samarbeid sett i system og Elevinvolvering som satsingsområder. Gjennomført

Detaljer

Årsplan i norsk for 8. klasse

Årsplan i norsk for 8. klasse Årsplan i norsk for 8. klasse 2019-2020 Læreverk: Nye Kontekst; Basisbok, Tekstar 1 og 3 Klassesteg: 8. klasse Skuleår: 2019 2020 Lærar: Anne Ølnes Hestethun, Janne Øvstetun, Christian Stedje, Kristin

Detaljer

Kjenneteikn på måloppnåing i norsk

Kjenneteikn på måloppnåing i norsk Munnleg kommunikasjon presentere norskfaglege og tverrfaglege emne med relevant terminologi og formålsteneleg bruk av digitale verktøy og medium vurdere eigne og andre sine munnlege framføringar ut frå

Detaljer

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune 23.07.2014 Side 1 av 8 Forord Dette er ein plan som skal vere forpliktande for alle barnehagane og grunnskulane i Luster kommune. Den skal

Detaljer

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av: Skoleeiers sluttrapportering 201 4-201 6 av FYR - satsingen Svar - Sogn og Fjordane fylkeskommune Status: Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av: sissel.espe@sfj.no Innsendt

Detaljer

Vurdering for læring. Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer

Vurdering for læring. Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer Vurdering for læring Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer Dei fire prinsippa: 1: Elevane skal forstå kva dei skal læra og kva som blir forventa av dei 2: Elevane skal ha tilbakemeldingar

Detaljer

Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar

Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar for Bø kommune 2015-2018 Lovverk og referansar Opplæringslova Føremålet med planen Rutinane skal legge til rette for fagleg og

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK FOR 7. KLASSE 2015/16

ÅRSPLAN I NORSK FOR 7. KLASSE 2015/16 VEKENR EMNE SIDETAL/ ANDRE KJELDER KOMPETANSEMÅL I LÆREPLANEN GRUNNLEGGANDE DUGLEIK ARBEIDSMÅTAR VURDERING 34-35 Velkommen tilbake til språkkjøkkenet. 35-40 Kommunikasjon Kva verkar inn på kommunikasjonen?

Detaljer

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO Samling, Atheno, Stord, 22. mai 2019 Petter Steen jr., rådgjevar Sveio kommune 1 Bakgrunnen for at vi har SFO Skulefritidsordninga (SFO) blei gradvis etablert i norske

Detaljer

Årsplan i norsk for 8. klasse

Årsplan i norsk for 8. klasse Årsplan i norsk for 8. klasse 2018-2019 Fredagar Måndagar -beherske grammatiske begreper som beskriver hvordan språk er bygd opp tekster(..)og vurdere dem underveis i prosessen ved hjelp av kunnskap om

Detaljer

Frå Ivar Aasen-musikalen Grammatikk og kjærleik

Frå Ivar Aasen-musikalen Grammatikk og kjærleik Frå Ivar Aasen-musikalen Grammatikk og kjærleik Mandat Nynorsksenteret er eit nasjonalt ressurssenter etablert for å styrkje nynorskopplæringa NORSK = BOKMÅL + NYNORSK Språk i hundre strategidokument frå

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst PLAN- OG VURDERINGSARBEID I FYRESDAL BARNEHAGE 2017-2018 Vedlegg til årsplanen. August 2017 Formål "ehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE 2011-2012

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE 2011-2012 HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE 2011-2012 BRUKARAR -Utviklingssamtalar, og framovermeldingar Lærarane og assistentane Resultat: 3.2 eller betre i elevundersøkinga Elevane opplever fagleg rettleiing

Detaljer

Frå fint! og flott! til vurdering for læring VFL frå ein skuleleiar sitt perspektiv. Åge Stafsnes Rektor, Halbrend skule

Frå fint! og flott! til vurdering for læring VFL frå ein skuleleiar sitt perspektiv. Åge Stafsnes Rektor, Halbrend skule Frå fint! og flott! til vurdering for læring VFL frå ein skuleleiar sitt perspektiv Åge Stafsnes Rektor, Halbrend skule HALBREND SKULE 5.-10. TRINN 440 ELEVAR Første pulje i vurdering for læring. Har arbeidd

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2018 Åndalsnes 01.07.18 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune. Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune. Fire skular var i perioden januar 2012 t.o.m. juni 2013 med i Utdanningsdirektoratet si satsing Vurdering for Læring (VfL). Målsetjinga var utvikling av ein vurderingskultur

Detaljer

Verksemdsplan for Flatdal skule

Verksemdsplan for Flatdal skule Verksemdsplan for Flatdal skule 2015-2016 1. Overordna mål/pedagogisk plattform Tanken om det meiningssøkande, skapande, arbeidande, allmenndannande, samarbeidande, miljømedvitne og integrerte menneske

Detaljer

Øystese barneskule April - 08

Øystese barneskule April - 08 Øystese barneskule April - 08 1 Innleiing: 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja helsa,

Detaljer

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås «VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering

Detaljer

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform Ny Øyra skule Pedagogisk plattform PEDAGOGISK PLATTFORM Visjon Øyra skule vil arbeide for å nå dei overordna nasjonale målsettingane i Kunnskapsløftet gjennom ein inkluderande skule med mottoet: Ein god

Detaljer

Rettleiing del 1 til nasjonal prøve i lesing 2009

Rettleiing del 1 til nasjonal prøve i lesing 2009 Versjon 21. juli 2009 Nynorsk Rettleiing del 1 til nasjonal prøve i lesing 2009 Informasjon om prøva og gjennomføringa 8. steget 1 Informasjon om nasjonal prøve i lesing på 8. steget Torsdag 17. september

Detaljer

Hold meg. Sirwan Saadun Mohammed (2002)

Hold meg. Sirwan Saadun Mohammed (2002) Hold meg Ta min hånd en liten stund La meg bare stå å kjenne La mitt hjerte banke, brenne Hold om meg et langt sekund Skal jeg alltid måtte vente? Skal jeg aldri kunne hente? Alle dem jeg en gang kjente

Detaljer

Norskfaget ved Sinnes skule - «Ein raud trå» - mål, metode og vurdering for læring

Norskfaget ved Sinnes skule - «Ein raud trå» - mål, metode og vurdering for læring LÆREPLAN I NORSK kompetansemål etter 2. trinn MUNNLEG KOMMUNIKASJON - Mål for opplæringa er at eleven skal kunna: Lytta, ta ordet etter tur og gje respons til andre i samtalar Lytta til tekstar på bokmål

Detaljer

Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage

Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage 2016-2017 Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage HØGTLESING SOM FOKUSOMRÅDE Bakgrunn for val av metoder: Lesing og samtalar rundt bøker har stor verdi for språkutviklinga til barn. For å lukkast

Detaljer

ÅRSPLAN, NORSK

ÅRSPLAN, NORSK ÅRSPLAN, NORSK 2016-2017 6.KLASSE Tid Kompetanse og læringsmål Emne Kva 1 veke reflektere over eiga læring Noko å glede seg til motivere for arbeidet med faget Lesemotivasjon Kommunikasjon og 4 *lytte

Detaljer

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember 2011. Møtedato: 8. desember 2011. Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember 2011. Møtedato: 8. desember 2011. Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg. Administrasjonen Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember 2011 Møtedato: 8. desember 2011 Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg Sak nr: 70/2011 Namn på sak: Verdibasert Hverdag Adm. direktørs

Detaljer

Årsplan i norsk for 8. klasse

Årsplan i norsk for 8. klasse Årsplan i norsk for 8. klasse 2017-2018 Læreverk: Nye Kosmos Klasse/steg: 8A og 8B Skuleår: 2017 2018 Lærar: Heidi Svori, Anne Ølnes Hestethun, Øystein Jarle Wangen -beherske grammatiske begreper som beskriver

Detaljer

VERKSEMDSPLAN FOR. Seljord barneskule

VERKSEMDSPLAN FOR. Seljord barneskule VERKSEMDSPLAN FOR Seljord barneskule 2017-2018 Adresse: Brøløsvegen 16 Tlf.: 35051331 Rektor: Ingunn Flatland E-post: ingunn.flatland@seljord.kommune.no Seljord kommune sin heimeside: www.seljord.kommune.no

Detaljer