som skal byggje bustad

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "som skal byggje bustad"

Transkript

1 Rettleiing for deg som skal byggje bustad nær støybelasta veg

2 Når lyd blir støy Pressluftsbor (udempet) i 40 m avstand Høyeste innendørs trafikkstøynivå i utsatt byleilighet Oppstigende DC9 jetfly i 200 m avstand På fortau i sterkt trafikkert gate (gjennomsnittsnivå) Normal stemme på 1 m avstand I heimen, på arbeidsplassen og i nærmiljøet er det mange ulike lydkjelder som påverkar oss. Når lyden blir plagsam og uroar oss, blir den definert som støy. Ulike lover og retningsliner regulerer støyproblematikken. Bur du langs eksisterande veg, er det forskrift om grenseverdiar for støy med heimel i Forureiningslova som gjeld. Skal du byggje nytt i eit støybelasta område, er det Plan- og bygningslova som legg nødvendige føringar. Statens vegvesen arbeider aktivt med støyproblema. Denne brosjyren tek utgangspunkt i Planog bygningslova og er meint som rettleiing for dei som ønskjer å byggje ny bustad langs støybelasta veg. Det er utarbeidd ein eigen brosjyre for dei som bur langs sterkt støybelasta veg. Daglege situasjonar Lyd blir målt i ein desibelskala der 0 db(a) er den svakaste lyden eit menneske kan høyre, medan smertegrensa går ved 120 db(a). Figuren til venstre viser lydnivået i ein del daglege situasjonar. Støynivå og sjenanse Vegtrafikkstøy og fleire andre typar støy som varierer over tid, blir omtala som døgnekvivalent støynivå - db(a). Det er gjennomsnittleg støynivå over 24 timar, db(a), som utgjer grunnlaget for vurdering av vegtrafikkstøy, ikkje lydnivået frå rushtrafikk og andre utsette tidsrom isolert sett. Høg støy kan føre til sjenanse: Ei ubehagelig kjensle av å bli uroa eller plaga. Støyplagene blir graderte på ein skala frå «sterkt plaga» til «ikkje plaga/litt plaga». Kor mange som opplever å vere «sterkt plaga» og «plaga», varierer med lydnivået: 1 million nordmenn bur i bustader med utandørs døgnekvivalent støynivå over 55 db(a). Av desse er om lag «sterkt plaga» av støy. Utandørs støy Sterkt plaga Plaga Støynivå 55 db(a) 10% 25% Støynivå 65 db(a) 20% 40% Støynivå 75 db(a) 40% 55% Figuren gjeld utandørs støy. Støy fra kjøleskap i lite kjøkken Blader som rasler i stille vær Trafikkstøy skaper ofte søvnforstyrring. Redusert helse- og livskvalitet Støy kan føre til redusert helse- og livskvalitet. Forstyrring av samtale og vanskar med å lytte er vanlege følgjer av trafikkstøy. Det er òg søvnforstyrring, endra åtferd samt problem med konsentrasjon og motivasjon. Sterke støyplager er eit varsel om stressbelasting og fare for sjukdom. Det er dokumentert at personar som bur i bustader ved sterkt trafikkerte gater, er meir nedstemte og mindre avslappa enn personar som bur i rolege omgjevnader. Larmskadar som permanent øydelagde sanseceller er derimot ikkje eit sannsynleg resultat av vegtrafikkstøy. I eit moderne samfunn er vi konstant omgitt av lydkjelder med ulikt støynivå (Illustr. Norsk forening mot Støy).

3 Det er strenge reglar for bustadplanlegging og bygging i støyutsette område. All erfaring viser at det er lønnsamt å ta støyproblema på alvor i planleggings- og prosjekteringsfasen. Utbetringar i ettertid er kostbare og let seg ofte ikkje gjennomføre. Eigne behov Sjølv om minstekrava er strenge, opplever mange at støyforholda ikkje tilfredsstiller eigne krav til livskvalitet etter at bustaden er tatt i bruk. Blir du lett plaga av støy eller stiller spesielle krav, kan det vere lurt å planleggje etter strengare grenser enn minstekrava. Kva påverkar støynivået? Trafikkstøyen i aktuelle utbyggingsområde blir rekna ut på grunnlag av opplysningar om gjennomsnittleg trafikkmengde (ÅDT), fart, topografi og avstand mellom veg og bustad. Støynivået legg føringar for arealutnytting og vidare dimensjonering av tiltak på tomt og bustad. Stor støybelasting avgrensar mogleg plassering og utforming av bustaden, og kan gjere det nødvendig med spesielt god lydisolering. Figuren til høgre viser dei viktigaste faktorane i støyutrekningane. Støygrense innandørs Forskrift til Plan- og bygningslova set krav om eit døgnekvivalent støynivå innandørs på høgst 0 db(a). Er det mykje trafikk om natta, skal maksimalt nattleg støynivå i soveromma ikkje vere høgare enn 45 db(a). Reglar for støy på privat og felles uteplass finst i Miljøverndepartementets retningsliner T-8/79 og T-1/86. Øvre grense er db(a). I enkelte regulerte område er det sett særskilte, juridiske krav til høgste tillate støynivå i reguleringsplanen. 50 Trafikkmengde Trafikksamansetjing Fart Stigning STØYNIVÅ Køyreunderlag Refleksjon Avstand Marktype Planlegging og tilpassing Strenge støykrav treng ikkje vere til hinder for bustadbygging, men støyreduserande tiltak blir ekstra viktige i støyutsette område. Det kan vere mogleg å byggje gode bustader sjølv om utandørs støynivå nærmar seg 70 db(a). Då må ein ta støyproblematikken, både utandørs og innandørs, på alvor i regulerings- og prosjekteringsfasen. No ser vi nærare på kva for støyførebyggjande tiltak som er relevante når du skal tilfredsstille støykrava. Akustiske rådgjevarar hjelper deg med vitskaplege utrekningar som gir eit godt grunnlag for å planleggje tiltak. Start støyplanlegging tidleg Støykrav til uteplass God planlegging lenge før byggjestart er ein føresetnad for å utnytte tomteareal nær støybelasta veg.

4 Utforming er viktigast Planløysing og utforming av bustaden er dei to viktigaste verkemidla i arbeidet med å redusere støynivået. I tillegg kan skjerming, fasadeisolering og balansert ventilasjon vere viktige støyførebyggjande tiltak. Planløysing av tomta Nye bustader skal ha privat uteplass og tilgang til leikeplass med akseptable støyforhold. Det kan vere nødvendig å prosjektere lange, tynne bygningskroppar, og å binde dei i hop til ei samanhengande kjede ved hjelp av lokale støyskjermar. Bygningen kan på denne måten få ei stille side samtidig som utearealet blir skjerma. Sjølv på stader med mykje trafikkstøy kan god planløysing gje fine og relativt stille plassar. I enkelte tilfelle kan ei samla vurdering av støy og andre trafikkale forhold likevel ende opp i ein konklusjon der arealet blir vurdert som ueigna for bustadbygging. Planløysing av bustaden God utforming av bustaden kan gjere det lettare å løyse støykonfliktar. Soverom og stue bør plasserast på ei «stille» side, vendt vekk frå støyen. Vinterhagar, glasverandaer og liknande kan fungere som barriere mot støykjelda. Skjerma uteareal Bygningskroppen skjermar utearealet. Ei planløysing med opphaldsrom som vender vekk frå støyen. Bruk av skjerming Ein støyskjerm er ein konstruksjon som blir plassert mellom støykjelda og utbyggingsområdet for å reduserte støynivået på tomta. Dersom bustaden er låg eller lokalisert i ei skråning som er lågare enn vegen, kan ein oppnå god effekt med ulike former for skjerming. Skjermen skal tilpassast bustad og terreng, og plasseringa i terrenget vil vere avgjerande for støydempingseffekten. Skjerminga vil berre ha effekt dersom skjermen er tett og det ikkje er sikt frå bustad til støykjelde. Tette hagegjerde og jord- og steinvollar kan vere andre alternativ, medan ein liten lokalskjerm ved bustaden kan vere nødvendig for å tilfredsstille støykrava. Det er ei fagleg krevjande oppgåve å dimensjonere støyskjermar. Kontakt vegvesenet eller rådgjevande ingeniørar for meir informasjon. Er skjerming mogleg langs vegen eller ved uteplassen? Isolering og ventilasjon Spesiell isolering av bustaden kan vere nødvendig for å få tilfredsstillande støynivå innandørs. Det er vindauge og ventilar som påverkar dempingsgraden mest. Vanlege vindauge er sjeldan tilstrekkeleg der det er støy. Balansert ventilasjon er ofte nødvendig for å unngå støy gjennom ytterveggsventilar. Slik ventilasjon gir òg betre inneklima. Både rett utnytting av tomta og god planløysing er viktige støyførebyggjande tiltak.

5 Krav til dokumentasjon Ved bustadbygging langs støybelasta veg må du dokumentere akseptabelt støynivå med hjelp frå fagfolk. Du må også dokumentere støydempande tiltak ved rehabilitering av bustad i støyutsett område. Klare ansvarsliner Byggherre og innleidde fagfolk er saman ansvarlege for at bustaden oppfyller krava til støynivå. I større prosjekt må fagkyndige vere godkjente for slike prosjekterings-, utføringsog kontrolloppgåver. Kommunen skal sjå til at dei fagkyndige er godkjente, at kontrollopplegget fungerer og at krav, særlege forhold på staden og aktuell planløysing blir diskutert med byggherren. Statens vegvesen skal godkjenne byggjeavstand frå veg dersom ein riksveg er nærare enn 50 meter eller ein fylkesveg nærare enn 15 meter. Vegvesenet vil òg ha uttalerett ved etablering av støyskjerm langs vegnettet, mellom anna på grunn av sikten i kryss og avkøyringar. Statens vegvesen får ofte klager frå folk som blir utsett for trafikkstøy i eksisterande bustadområde. Det er viktig å understreke at vegvesenet berre er ansvarlig for utbetringar når støynivået innandørs er på 42 db(a) eller meir (sjå vår brosjyre «Støyutbetring for deg som bur langs eksisterande veg»). Grunnlag og prognosar Det må reknast ut utandørs støy (støyfasade, stille sider, uteplass), og innandørs støy (opphaldsrom, soverom). Utrekningane skal ta høgde for ein realistisk, framtidig trafikksituasjon innanfor ei prognosetid på 10 år eller meir. Er utrekningane baserte på skjerming langs veg eller uteplass, må skjerminga visast i byggjeplanen. Tilsvarande gjeld også for berekning av innandørs støy. Ventil Vindu Vegg Luftekanal/pipe Tak Lydoverføring utanfrå og inn kan skje på forskjellige måtar. Støyen kan dempast ved planløysing og utforming av bustaden, samt ved ei rekkje andre tiltak. Alle desse må dokumenterast av fagfolk. Forseinking og prosedyre Manglar reguleringsplanen/byggjeplanen vurdering av støytilhøva eller tiltaka, vil Fylkesmannen si miljøvernavdeling og Statens vegvesen stille krav om at dette blir utarbeidd. Slike manglar fører til forseinking av planprosessen. Uakseptable støyløysingar kan føre til erstatningsansvar overfor kjøparar. Du må søkje hjelp frå fagfolk for å planlagt og dokumentert støydempande tiltak.

6 HVPU-bustadene ved Glasskartunnelen på nordre utfartsåre i Bergen viser at god prosjektering kan gje tilfredsstillande støyforhold langs støybelasta veg. Høgt støynivå Bustadene blei prosjekterte og oppførte etter bygginga av nordre utfartsåre, der rushtrafikken frå ein tofelts motorveg er spesielt belastande. Då planarbeidet starta, låg døgnekvivalent støynivå utandørs på over 70 db(a). God planlegging og prosjektering har gitt uteplass med døgnekvivalent støynivå godt under 55 db(a). Effektiv skjerming HVPU-bustadene dannar ein lang samanhengande bygningskropp som er ein effektiv skjerm mot støyen. Fellesarealet og den stille sida får låg støybelasting. Bustadene har i tillegg godt lydisolert yttervegg, lydvindauge og balansert ventilasjon. Utearealet er vendt vekk frå støyen og har låg støybelasting. Støytilpassing nyttar God planløysing Bustadene er planlagte slik at dei romma der støyen vil vere minst plagsam, vender mot den støyutsette sida. Soverom og stue får dermed ein ekstra buffer mot trafikken. Den sterkt trafikkerte motorvegen like ved er ikkje til hinder for det gode bustadmiljøet som er omtalt på denne sida. Bustadene danner ein lang samanhengande bygningskropp som er ein effektiv skjerm mot støyen.

7 Her får du meir informasjon Kontakt gjerne Statens vegvesen for ytterlegare informasjon om støyproblematikken i denne foldaren: Statens vegvesen Region Vest Telefon: Heimeside: Informasjon om støy, førebygging, regelverk og liknande, finn du i Støyhåndboka, TA-1827/2001. Denne kan du kjøpe eller skaffe hos Statens forureiningstilsyn, telefon Sjå også SFT sine heimesider: For bistand til støyberekning, råd om planløysing, dimensjonering av støyreduserande tiltak og liknande, kan du slå opp i Telefonkatalogen Gule sider, under Rådgivende Ingeniører Akustikk. Du kan òg få informasjon hos Norsk forening mot Støy Storgt OSLO Telefon: Utarbeidd i samarbeid med Kilde Akustikk ved Sigurd Solberg. Produksjon: Reklamebyrået AG2 Andre viktige kontaktorgan er fagavdelingane i dei enkelte kommunar og fylkeskommunar, og fagavdelingane hos Fylkesmannen. Fylkesmannen er forureiningsstyresmakt og klageinstans i støysaker. Statens Bygningstekniske etat er sentral myndigheit for byggeteknisk regelverk, og Kommunal- og regionaldepartementet er øvste forvaltningsorgan for byggjesaker.

Støyutbetring. for deg som bur. langs sterkt støybelasta veg

Støyutbetring. for deg som bur. langs sterkt støybelasta veg Støyutbetring for deg som bur langs sterkt støybelasta veg Når lyd blir støy Pressluftsbor (udempet) i 40 m avstand Høyeste innendørs trafikkstøynivå i utsatt byleilighet Støy fra kjøleskap i lite kjøkken

Detaljer

Støyutbetring. for deg som bur. der Statens vegvesen bygger veg

Støyutbetring. for deg som bur. der Statens vegvesen bygger veg Støyutbetring for deg som bur der Statens vegvesen bygger veg Når lyd blir støy Oppstigande jetfly i 200 m avstand Pressluftbor (udempa) i 40 m avstand På fortau i sterkt trafikkert gate (gjennomsnittsnivå)

Detaljer

Støyutbetring. for deg som bur. langs sterkt støybelasta veg

Støyutbetring. for deg som bur. langs sterkt støybelasta veg Støyutbetring for deg som bur langs sterkt støybelasta veg Når lyd blir støy Oppstigande jetfly i 200 m avstand Pressluftbor (udempa) i 40 m avstand På fortau i sterkt trafikkert gate (gjennomsnittsnivå)

Detaljer

Kommuneplan Arealdelen 2012 2024 Rapportar frå Kilde Akustikk AS Støyvurdering for bustadområda Bigset vest og Hjørungavåg ved skulen

Kommuneplan Arealdelen 2012 2024 Rapportar frå Kilde Akustikk AS Støyvurdering for bustadområda Bigset vest og Hjørungavåg ved skulen Kommuneplan Arealdelen 2012 2024 Rapportar frå Kilde Akustikk AS Støyvurdering for bustadområda Bigset vest og Hjørungavåg ved skulen Vedlegg 4 til planomtale Godkjent av Hareid kommunestyre 21.06.2012,

Detaljer

Rettleiing for deg. som skal bygge bustad nær støybelasta veg

Rettleiing for deg. som skal bygge bustad nær støybelasta veg Rettleiing for deg som skal bygge bustad nær støybelasta veg Når lyd blir støy Oppstigande jetfly i 200 m avstand Pressluftbor (udempa) i 40 m avstand På fortau i sterkt trafikkert gate (gjennomsnittsnivå)

Detaljer

Musskjerneset campingplass

Musskjerneset campingplass Kilde Akustikk AS Rapport 5884-1 Musskjerneset campingplass Støyvurdering Utsnitt av reguleringsplan. for Ing. Egil Ulvund AS juni 11 Rapport 5884-1 9 sider Voss Versjon Vår ref Kilde Akustikk AS Bergen

Detaljer

RAPPORT. Randaberg sentrum øst områderegulering PLAN VEST AS OPPDRAGSNUMMER 99177800 RIAKU01 REV.1 22.05.2014 SWECO NORGE AS BRG AKUSTIKK

RAPPORT. Randaberg sentrum øst områderegulering PLAN VEST AS OPPDRAGSNUMMER 99177800 RIAKU01 REV.1 22.05.2014 SWECO NORGE AS BRG AKUSTIKK PLAN VEST AS Randaberg sentrum øst områderegulering OPPDRAGSNUMMER 99177800 SWECO NORGE AS BRG AKUSTIKK UTFØRT AV MARITA SØRBØ KONTROLLERT AV BERNT HEGGØY Sweco Endringsliste VER. DATO ENDRINGEN GJELDER

Detaljer

Kronstad, gnr. 33, bnr. 75 i Alta

Kronstad, gnr. 33, bnr. 75 i Alta Rapport 5923-1 Kronstad, gnr. 33, bnr. 75 i Alta Vegtrafikkstøy Situasjonsplan for tiltaket, dagsett 24.8.2011. Kjelde: Verte landskap & arkitektur AS. for Verte landskap & arkitektur AS oktober 11 Rapport

Detaljer

Solheimslien barnehage

Solheimslien barnehage Kilde Akustikk AS Rapport 5344-1 Solheimslien barnehage Vegtrafikkstøy Det skal byggjast ny barnehage midt i biletet. for Asplan Viak AS september 10 Rapport 5344-1 8 sider Voss Versjon Vår ref Kilde Akustikk

Detaljer

REGULERINGSPLAN Øvre Neslia. Gnr. 81, bnr. 3, 6 og 105 NESLIA KVINNHERAD KOMMUNE STØYBEREKNINGER

REGULERINGSPLAN Øvre Neslia. Gnr. 81, bnr. 3, 6 og 105 NESLIA KVINNHERAD KOMMUNE STØYBEREKNINGER REGULERINGSPLAN Øvre Neslia Gnr. 81, bnr. 3, 6 og 105 NESLIA KVINNHERAD KOMMUNE STØYBEREKNINGER Fusa 30.05.2011 1 1. Bakgrunn Øvre Neslia AS har planar om etablering av bustadfelt i Øvre Neslia på eigedom

Detaljer

Statens vegvesen. E105 Sør-Varanger. Vegtrafikkstøy.

Statens vegvesen. E105 Sør-Varanger. Vegtrafikkstøy. Statens vegvesen RAPPORT Rapport nr.: Oppdrag nr.: Dato: 2 97917001 Kunde: Statens vegvesen Samandrag: Sweco Norge AS har fått i oppdrag av Statens vegvesen å utreda støy for eksisterande (A0) og utbetra

Detaljer

RAPPORT. Reguleringsplan boliger Nordvik, Bergen. Vegtrafikkstøy RANDI NORDVIK SWECO NORGE AS OPPDRAGSNUMMER RIAKU01_REV

RAPPORT. Reguleringsplan boliger Nordvik, Bergen. Vegtrafikkstøy RANDI NORDVIK SWECO NORGE AS OPPDRAGSNUMMER RIAKU01_REV RANDI NORDVIK Reguleringsplan boliger Nordvik, Bergen. Vegtrafikkstøy OPPDRAGSNUMMER 19456001 SWECO NORGE AS UTARBEIDA AV FRODE ATTERÅS KONTROLLERT AV TORMOD UTNE KVÅLE Endringsliste REV. DATO ENDRING

Detaljer

Vågeveien 27, Fjell kommune

Vågeveien 27, Fjell kommune Kilde Akustikk AS Rapport 5874-1 Vågeveien 27, Fjell kommune Vegtrafikkstøy Kun til illustrasjon for Arkitekt Rolv Eide juni 11 Rapport 5874-1 9 sider Voss Versjon Vår ref Kilde Akustikk AS Bergen - Voss

Detaljer

Blådalen Eiendomsutvikling AS. Støyvurdering Blådalen boligprosjekt

Blådalen Eiendomsutvikling AS. Støyvurdering Blådalen boligprosjekt Blådalen Eiendomsutvikling AS Støyvurdering Blådalen boligprosjekt RAPPORT Rapport nr.: Oppdrag nr.: Dato: RIAKU01 98437001 Kunde: Blådalen Eiendomsutvikling AS Støyvurdering Blådalen boligprosjekt Sammendrag:

Detaljer

RAPPORT. RIAKU ROP bustadar Volda STIV KULING AS SWECO NORGE AS VOSS AKUSTIKK STØYFAGLIG VURDERING OPPDRAGSNUMMER FORPROSJEKT RIAKU01 REV1

RAPPORT. RIAKU ROP bustadar Volda STIV KULING AS SWECO NORGE AS VOSS AKUSTIKK STØYFAGLIG VURDERING OPPDRAGSNUMMER FORPROSJEKT RIAKU01 REV1 STIV KULING AS RIAKU ROP bustadar Volda OPPDRAGSNUMMER 21889001 STØYFAGLIG VURDERING SWECO NORGE AS VOSS AKUSTIKK UTARBEIDA AV TORMOD UTNE KVÅLE KONTROLLERT AV FRODE ATTERÅS Endringar REV. DATO ENDRINGA

Detaljer

STØYRAPPORT LANGELANDSSTØLEN, STORD KOMMUNE

STØYRAPPORT LANGELANDSSTØLEN, STORD KOMMUNE Stad/dato: Stord, 25.04.2016 Versjon: 2 Tittel STØYRAPPORT LANGELANDSSTØLEN, STORD KOMMUNE Berekning av vegtrafikkstøy langs E39 mot planlagd bustadfelt på Langelandsstølen. Vurdering av støyskjerming

Detaljer

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Stråling frå elektronisk kommunikasjon Stråling frå elektronisk kommunikasjon Ei orientering frå Statens strålevern og Post- og teletilsynet Kva er stråling? I kvardagen omgjev vi oss med ulike typar stråling, frå både naturlege og menneskeskapte

Detaljer

Ny veg Skånevik - Etne

Ny veg Skånevik - Etne Kilde Akustikk AS Rapport 4486-1 Ny veg Skånevik - Etne Støysonekart Ulike vegalternativ ved Skånevik. for Plan vest AS august 08 Rapport 4486-1 16 sider Voss Versjon Vår ref Kilde Akustikk AS Bergen -

Detaljer

RAPPORT. Reguleringsplan Angedalsvegen 47 og 49, Førde ØEN EIGEDOM ROALD ØEN SWECO NORGE AS BRG AKUSTIKK VEGTRAFIKKSTØY OPPDRAGSNUMMER 13665001

RAPPORT. Reguleringsplan Angedalsvegen 47 og 49, Førde ØEN EIGEDOM ROALD ØEN SWECO NORGE AS BRG AKUSTIKK VEGTRAFIKKSTØY OPPDRAGSNUMMER 13665001 ØEN EIGEDOM ROALD ØEN Reguleringsplan Angedalsvegen 47 og 49, Førde OPPDRAGSNUMMER 13665001 VEGTRAFIKKSTØY SWECO NORGE AS BRG AKUSTIKK TORMOD UTNE KVÅLE BERNT HEGGØY Sweco Endringar REV. DATO ENDRINGA

Detaljer

May Hilde Johnsen. Flystøy 107-496 Langenesvn 12

May Hilde Johnsen. Flystøy 107-496 Langenesvn 12 May Hilde Johnsen Flystøy 107-496 Langenesvn 12 RAPPORT Rapport nr.: Oppdrag nr.: Dato: RIAKU01 98812001 Kunde: May Hilde Johnsen Flystøy 107-496 Langenesvn 12 Sammendrag: Utendørs flystøy er beskrevet

Detaljer

Kommunedelplan Myrkdalen

Kommunedelplan Myrkdalen Kilde Akustikk AS Rapport 4772-1 Kommunedelplan Myrkdalen Vegtrafikkstøy Utsnitt av kommuneplanens arealdel datert 3.11.2008 for Opus Bergen AS desember 08 Rapport 4772-1 16 sider Voss Versjon Vår ref

Detaljer

E39 Stord Os Kommunedelplan med konsekvensutgreiing

E39 Stord Os Kommunedelplan med konsekvensutgreiing Statens vegvesen NOTAT E39 Stord Os Kommunedelplan med konsekvensutgreiing Fagtema - Støy Dato: Juni 2016 Innhald Støy-KU E39 Stord-Os... 2 Prissett konsekvens... 7 Støy ved realisering av prosjektet...

Detaljer

RAPPORT. RIAKU Storetveitvegen 20 Bergen rammesøknad GOSTUDY AS SWECO NORGE AS BRG AKUSTIKK STØYFAGLIG VURDERING OPPDRAGSNUMMER RIAKU01_REV0

RAPPORT. RIAKU Storetveitvegen 20 Bergen rammesøknad GOSTUDY AS SWECO NORGE AS BRG AKUSTIKK STØYFAGLIG VURDERING OPPDRAGSNUMMER RIAKU01_REV0 GOSTUDY AS RIAKU Storetveitvegen 20 Bergen rammesøknad OPPDRAGSNUMMER 14474001 STØYFAGLIG VURDERING SWECO NORGE AS BRG AKUSTIKK TORMOD UTNE KVÅLE FRODE ATTERÅS (KS) Sweco Endringsliste REV. DATO ENDRINGA

Detaljer

RAPPORT. Myrkdalen Fjellandsby. Vurdering vegtrafikkstøy. FK1-FK3 Myrkdalen Fjellandsby. Sweco Norge AS

RAPPORT. Myrkdalen Fjellandsby. Vurdering vegtrafikkstøy. FK1-FK3 Myrkdalen Fjellandsby. Sweco Norge AS Myrkdalen Fjellandsby Oppdragsnr. 98825001 Vurdering vegtrafikkstøy. FK1-FK3 Myrkdalen Fjellandsby FK1-FK3 VOSS Sweco Norge AS Utarbeidet av Bernt Heggøy Kontrollert av Kjell Olav Aalmo 1 (9) S w e co

Detaljer

Adv. Bjørn Jakobsen. Fly- og vegtrafikkstøy gnr 118, bnr 19, Tromsø

Adv. Bjørn Jakobsen. Fly- og vegtrafikkstøy gnr 118, bnr 19, Tromsø Adv. Bjørn Jakobsen Fly- og vegtrafikkstøy gnr 118, bnr 19, Tromsø RAPPORT Rapport nr.: Oppdrag nr.: Dato: RIAKU01 99257001 Kunde: Adv. Bjørn Jakobsen Fly- og vegtrafikkstøy gnr 118, bnr 19, Tromsø Sammendrag:

Detaljer

Bjarne Kjellevold. Flystøy 140/27 Leirvikstølen 21

Bjarne Kjellevold. Flystøy 140/27 Leirvikstølen 21 Bjarne Kjellevold Flystøy 140/27 Leirvikstølen 21 RAPPORT Rapport nr.: Oppdrag nr.: Dato: RIAKU01 98790001 Kunde: Bjarne Kjellevold Flystøy 140/27 Leirvikstølen 21 Sammendrag: Utendørs flystøy er beskrevet

Detaljer

RAPPORT. Grøvlehaugen, Bergen - reguleringsplan BERGEN NÆRINGSTOMT AS SWECO NORGE AS VOS AKUSTIKK STØYFAGLIG VURDERING VEGTRAFIKKSTØY

RAPPORT. Grøvlehaugen, Bergen - reguleringsplan BERGEN NÆRINGSTOMT AS SWECO NORGE AS VOS AKUSTIKK STØYFAGLIG VURDERING VEGTRAFIKKSTØY BERGEN NÆRINGSTOMT AS Grøvlehaugen, Bergen - reguleringsplan OPPDRAGSNUMMER 17356001 STØYFAGLIG VURDERING VEGTRAFIKKSTØY SWECO NORGE AS VOS AKUSTIKK TORMOD UTNE KVÅLE BERNT HEGGØY Sweco Endringsliste REV.

Detaljer

RAPPORT. Hardangervegen 4 reguleringsplan VEDLEGG 2 BERGEN KOMMUNE, ETAT FOR BOLIGFORVALTNING STØYRAPPORT OPPDRAGSNUMMER RIAKU01-REV0

RAPPORT. Hardangervegen 4 reguleringsplan VEDLEGG 2 BERGEN KOMMUNE, ETAT FOR BOLIGFORVALTNING STØYRAPPORT OPPDRAGSNUMMER RIAKU01-REV0 VEDLEGG 2 BERGEN KOMMUNE, ETAT FOR BOLIGFORVALTNING Hardangervegen 4 reguleringsplan OPPDRAGSNUMMER 14866001 STØY SWECO NORGE AS BRG AKUSTIKK MARITA SØRBØ KIRSTI KVANES-LARSEN Sweco Endringsliste VER.

Detaljer

Helga og Torleif Straume. Flystøy gnr. 35, Bnr. 34 m.fl., Fjell kommune

Helga og Torleif Straume. Flystøy gnr. 35, Bnr. 34 m.fl., Fjell kommune Helga og Torleif Straume Flystøy gnr. 35, Bnr. 34 m.fl., Fjell kommune RAPPORT Rapport nr.: Oppdrag nr.: Dato: RIAKU02 12343001 09.12.2014 Kunde: Helga og Torleif Straume Flystøy gnr. 35, Bnr. 34 m.fl.,

Detaljer

RAP P ORT. Detaljregulering Holsbergåsen Holmemarka aust, Meland ABO PLAN OG ARKITEKT UR AS BRG VOSS AKUSTIKK - PA VEGTRAFIKKSTØY

RAP P ORT. Detaljregulering Holsbergåsen Holmemarka aust, Meland ABO PLAN OG ARKITEKT UR AS BRG VOSS AKUSTIKK - PA VEGTRAFIKKSTØY RAP P ORT ABO PLAN OG ARKITEKT UR AS Detaljregulering Holsbergåsen Holmemarka aust, Meland OPPDRAGSNUMMER 1 2964001 VEGTRAFIKKSTØY 1 8.11.2015 BRG VOSS AKUSTIKK - PA UTARBEIDA AV TORMOD UTNE KVÅLE KONTROLLERT

Detaljer

Fantoft Park. Rapport Vegtrafikkstøy. for Opus Bergen AS mars 10. Kilde Akustikk AS

Fantoft Park. Rapport Vegtrafikkstøy. for Opus Bergen AS mars 10. Kilde Akustikk AS Kilde Akustikk AS Rapport 5294-1 Fantoft Park Vegtrafikkstøy Utsnitt av reguleringsplan. Siste revisjonsdato plankart 18.2.2010. for Opus Bergen AS mars 10 Rapport 5294-1 10 sider Voss Versjon Vår ref

Detaljer

STØYVURDERING. Sentrum P-Hus, Lillehammer Kommune. Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: 04.09.

STØYVURDERING. Sentrum P-Hus, Lillehammer Kommune. Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: 04.09. STØYVURDERING Sentrum P-Hus, Lillehammer Kommune Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: 04.09.2013 På forespørsel Larkas AS er det foretatt beregning av støyforhold

Detaljer

INNLEDNING... 3 GRENSEVERDIER/FORSKRIFTSKRAV...

INNLEDNING... 3 GRENSEVERDIER/FORSKRIFTSKRAV... Innhold INNLEDNING... 3 GRENSEVERDIER/FORSKRIFTSKRAV... 5 UTENDØRS STØYFORHOLD MILJØVERNDEPARTEMENTETS RETNINGSLINJER... 5 ANBEFALTE KRAV FOR OPPFØRING AV BOLIG I STØYSONER... 5 INNENDØRS STØYNIVÅ - BYGGEFORSKRIFTENE...

Detaljer

STØYVURDERING. Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: 26.06.2014

STØYVURDERING. Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: 26.06.2014 STØYVURDERING Bolig felt Nannestad sentrum - Nannestad Kommune Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: 26.06.2014 På forespørsel fra STUSIONSW AS er det foretatt

Detaljer

RIAKU Matremarken VTS rammesøknad

RIAKU Matremarken VTS rammesøknad RAPPORT Støyrapport Kunde: Prosjekt: Matremarken AS RIAKU Matremarken VTS rammesøknad Prosjektnummer: 51767001 Dokumentnummer: RIAKU01 Rev.: 01 Samandrag: Det er utarbeidd støyrapport til endra reguleringsplan

Detaljer

111/170 Lilandsvegen 14 C

111/170 Lilandsvegen 14 C Kilde Akustikk AS Rapport 5345-1 111/170 Lilandsvegen 14 C Støyvurdering for ByggProsjekt AS mai 10 Rapport 5345-1 7 sider Voss Versjon Vår ref VEDLEGG J-5 Kilde Akustikk AS Bergen - Voss 2010-05-18 1

Detaljer

Retningslinjer for fortetting

Retningslinjer for fortetting Retningslinjer for fortetting Retningslinjer som skal brukast ved behandling av søknader om fortetting, vesentleg ombygging og nybygg i etablerte bustadområde 05.01.2015 Føremål Føremålet med retningslinjene

Detaljer

FASIT ingeniørtjenester AS. Hjorten, Kaupanger Veitrafikkstøy

FASIT ingeniørtjenester AS. Hjorten, Kaupanger Veitrafikkstøy FASIT ingeniørtjenester AS RAPPORT Rapport nr.: Oppdrag nr.: Dato: 1 464781 Kunde: FASIT ingeniørtjenester AS Sammendrag: Lydforhold på utendørs oppholdsareal Lydnivå (L den ) fra veitrafikkstøy på utendørs

Detaljer

Steinsvikvegen 254, Bergen kommune

Steinsvikvegen 254, Bergen kommune Kilde Akustikk AS Rapport 5517-1 Steinsvikvegen 254, Bergen kommune Vegtrafikkstøy Steinsvikvegen 254 RIMI butikk FV179 Eksisterende bygningsmasse skal erstattes med to boligblokker. for ABO Plan & Arkitektur

Detaljer

Flystøy 129/155,484 Mathopen

Flystøy 129/155,484 Mathopen Rapport 5931-1 6 sider Voss Versjon Vår ref Kilde Akustikk AS Bergen - Voss 2011-08-11 1 33286/20003921/D1103388.doc Deres dato Arkiv Deres ref Sigurd Solberg 2011-07-06 111135 TIL Ørjan Eikemo Storingavika

Detaljer

RAPPORT. Flystøy /81/34 ALVØEN EIENDOMMER AS VOSS AKUSTIKK STØYFAGLIG VURDERING TIL REGULERINGSPLAN OPPDRAGSNUMMER RIAKU03_REV1

RAPPORT. Flystøy /81/34 ALVØEN EIENDOMMER AS VOSS AKUSTIKK STØYFAGLIG VURDERING TIL REGULERINGSPLAN OPPDRAGSNUMMER RIAKU03_REV1 ALVØEN EIENDOMMER AS Flystøy 130-80/81/34 OPPDRAGSNUMMER 99688003 STØYFAGLIG VURDERING TIL REGULERINGSPLAN VOSS AKUSTIKK UTARBEIDET AV TORMOD UTNE KVÅLE KONTROLLERT AV BERNT HEGGØY Endringsliste REV. DATO

Detaljer

RAPPORT. RIAKU Solås Steinsvik, Bergen Detaljregulering VEIDEKKE EIENDOM AS SWECO NORGE AS BRG AKUSTIKK STØYFAGLIG VURDERING OPPDRAGSNUMMER

RAPPORT. RIAKU Solås Steinsvik, Bergen Detaljregulering VEIDEKKE EIENDOM AS SWECO NORGE AS BRG AKUSTIKK STØYFAGLIG VURDERING OPPDRAGSNUMMER VEIDEKKE EIENDOM AS RIAKU Solås Steinsvik, Bergen Detaljregulering OPPDRAGSNUMMER 18668001 STØYFAGLIG VURDERING SWECO NORGE AS BRG AKUSTIKK UTARBEIDA AV TORMOD KVÅLE KONTROLLERT AV BERNT HEGGØY Endringsliste

Detaljer

SOMMERFRYDVEIEN 3, ARENDAL KOMMUNE Vurdering av støy fra veitrafikk

SOMMERFRYDVEIEN 3, ARENDAL KOMMUNE Vurdering av støy fra veitrafikk RAPPORT : Dato : 10.11.2016 Antall sider : 6 Antall vedlegg : 2 SOMMERFRYDVEIEN 3, ARENDAL KOMMUNE Vurdering av støy fra veitrafikk Oppdragsgiver: Birkenlund Eiendom AS v/ Tore Pettersen Utført av: Kontrollert

Detaljer

Reguleringsplan. for BYGGEFELTET KRIKANE. i Sula kommune REGULERINGSFØRESEGNER

Reguleringsplan. for BYGGEFELTET KRIKANE. i Sula kommune REGULERINGSFØRESEGNER Reguleringsplan for BYGGEFELTET KRIKANE i Sula kommune REGULERINGSFØRESEGNER 1 - REGULERINGSFØREMÅL Det regulerte området er vist med reguleringsgrense på plan av 20.03.15. Arealet innanfor reguleringsgrensene

Detaljer

T-1442 angir følgende grenseverdier fra vegtrafikk til boliger. Støynivå utenfor soverom, natt kl

T-1442 angir følgende grenseverdier fra vegtrafikk til boliger. Støynivå utenfor soverom, natt kl INNLEDNING Det er planlagt nytt boligområde langs fylkes vei sør for Tvedestrand. I forbindelse med reguleringsplan er det foretatt en trafikkstøyvurdering hvor det er beregnet støy fra trafikken på FV.

Detaljer

Nesttunbrekka 86 AS. Boliger Nesttunbrekka, g.nr. 42 b.nr. 85 Støyfaglig del til reguleringsplan.

Nesttunbrekka 86 AS. Boliger Nesttunbrekka, g.nr. 42 b.nr. 85 Støyfaglig del til reguleringsplan. Nesttunbrekka 86 AS Boliger Nesttunbrekka, g.nr. 42 b.nr. 85 Støyfaglig del til reguleringsplan. RAPPORT Rapport nr.: Oppdrag nr.: Dato: RIAKU01 98789001 Kunde: Nesttunbrekka 86 AS Boliger Nesttunbrekka,

Detaljer

RAPPORT. RIAKU Storetveitvegen 144 m.fl. reguleringsplan ARD AREALPLAN AS SWECO NORGE AS VOSS AKUSTIKK STØYFAGLIG VURDERING VEGTRAFIKKSTØY

RAPPORT. RIAKU Storetveitvegen 144 m.fl. reguleringsplan ARD AREALPLAN AS SWECO NORGE AS VOSS AKUSTIKK STØYFAGLIG VURDERING VEGTRAFIKKSTØY ARD AREALPLAN AS RIAKU Storetveitvegen 144 m.fl. reguleringsplan OPPDRAGSNUMMER 22669001 STØYFAGLIG VURDERING VEGTRAFIKKSTØY SWECO NORGE AS VOSS AKUSTIKK UTARBEIDA AV TORMOD UTNE KVÅLE KONTROLLERT AV FRODE

Detaljer

Bergen tomteselskap AS. Boliger Dolvikbakken. Støyfaglig del til reguleringsplan.

Bergen tomteselskap AS. Boliger Dolvikbakken. Støyfaglig del til reguleringsplan. Bergen tomteselskap AS Boliger Dolvikbakken. Støyfaglig del til reguleringsplan. RAPPORT Rapport nr.: Oppdrag nr.: Dato: RIAKU01 98681001 Kunde: Bergen tomteselskap Sandra T. Thomassen Boliger Dolvikbakken.

Detaljer

Knudsen Eiendomsselskap as. Boliger Knudsen eiendom, Fyllingsdalen. Støyfaglig underlag til reguleringsplan.

Knudsen Eiendomsselskap as. Boliger Knudsen eiendom, Fyllingsdalen. Støyfaglig underlag til reguleringsplan. Knudsen Eiendomsselskap as Boliger Knudsen eiendom, Fyllingsdalen. Støyfaglig underlag til reguleringsplan. RAPPORT Rapport nr.: Oppdrag nr.: Dato: RIAKU01 98459002 Kunde: Knudsen Eiendomsselskap as Boliger

Detaljer

Rapport Rapport nr.: 655/2009

Rapport Rapport nr.: 655/2009 Minister Ditleffs vei 8 0862 Oslo Rapport Rapport nr.: 655/2009 Til: Nils Haugrud Øvre Slottsgate 12 0157 OSLO Fra: Minister Ditleffs vei 8, 0862 Oslo v/ Eyjolf Osmundsen Telefon: 22 23 79 70 E-mail.:

Detaljer

OPPDRAGSLEDER. Mats A. Giske OPPRETTET AV. Mats A. Giske

OPPDRAGSLEDER. Mats A. Giske OPPRETTET AV. Mats A. Giske Nord OPPDRAG Lund Østre OPPDRAGSNUMMER 29423001 OPPDRAGSLEDER Mats A. Giske OPPRETTET AV Mats A. Giske DATO KVALITETSKONTROLL Bjørn Thomas Melhus Innledning Dette notatet vurderer støynivå utendørs fra

Detaljer

STØYVURDERING. Boligområde i Dal - Eidsvoll Kommune. Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato:

STØYVURDERING. Boligområde i Dal - Eidsvoll Kommune. Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: STØYVURDERING Boligområde i Dal - Eidsvoll Kommune Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: 12.02.2016 På forespørsel fra Nordbilg Innlandet AS er det foretatt

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

BEREGNING AV TRAFIKKSTØY

BEREGNING AV TRAFIKKSTØY BEREGNING AV TRAFIKKSTØY Boligfelt B5, Kløfta - Skedsmo Kommune Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering av vegtrafikkstøy Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: 24.05.2012 På forespørsel fra 3Bygg

Detaljer

STØYVURDERING. Boligfelt Petlund - Stange Kommune. Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: 17.02.

STØYVURDERING. Boligfelt Petlund - Stange Kommune. Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: 17.02. STØYVURDERING Boligfelt Petlund - Stange Kommune Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: 17.02.2012 På forespørsel fra Trysilhus Areal AS v/geir Olai Jordanger

Detaljer

Fauske kommune. Omsorgsboliger Eiaveien, Fauske. Vegtrafikkstøy

Fauske kommune. Omsorgsboliger Eiaveien, Fauske. Vegtrafikkstøy Fauske kommune Vegtrafikkstøy RAPPORT Rapport nr.: Oppdrag nr.: Dato: RIAKU01 9860001 Kunde: Fauske kommune Georg de Besche dy Sammendrag: Sweco Norge har beregnet og vurdert støy fra vegtrafikk mot planlagte

Detaljer

Tromsø kommune. Boliger øst for Tromsø lufthavn. Veg- og flystøy.

Tromsø kommune. Boliger øst for Tromsø lufthavn. Veg- og flystøy. Tromsø kommune Boliger øst for Tromsø lufthavn. Veg- og flystøy. Innhold 1 Innledning... 1 2 Situasjon... 1 3 Kriterier for støy... 2 4 Prinsippløsninger for fly+veg støybeskyttelse... 3 5 Beregnet vegtrafikkstøy

Detaljer

Samanstilling av konsekvensar for utbetring av Rv 5 Evja Fugleskjærskaia Florø,

Samanstilling av konsekvensar for utbetring av Rv 5 Evja Fugleskjærskaia Florø, FLORA KOMMUNE Samanstilling av konsekvensar for utbetring av Rv 5 Evja Fugleskjærskaia Florø, 08.05.17 Alternativ (# i arbeidet med konsekvensvurdering er strekninga delt i to: Del 1 er Fugleskjærskaia-Samfunnshuset

Detaljer

Praktiserting av T-1442 (2012)

Praktiserting av T-1442 (2012) sigurd.solberg@sweco.no Praktiserting av T-1442 (2012) Utbygging av støyømfintlige formål God sakshåndtering-boliger K Sikre som tidlig tema FM Binde plangrep: Hva er tillatt? Hva må gjøres? FM R Sikre

Detaljer

RAFOSS, KVINESDAL PLANNR Vurdering av støy fra veitrafikk

RAFOSS, KVINESDAL PLANNR Vurdering av støy fra veitrafikk RAPPORT : Dato : 16.02.2017 Antall sider : 6 Antall vedlegg : 2 RAFOSS, KVINESDAL PLANNR. 10372014001 Vurdering av støy fra veitrafikk Oppdragsgiver: Kristiansen & Selmer-Olsen AS v/ Krister Ingebretsen

Detaljer

Støyrapport for Fjelberg fastlandssamband

Støyrapport for Fjelberg fastlandssamband Kvinnherad Kommune Støyrapport for Fjelberg fastlandssamband Fylkesveg 62 Oppdragsnr.: 5174907 Dokumentnr.: AKU01 Versjon: 0 2017-10-20 Oppdragsgjevar: Kvinnherad Kommune Oppdragsgjevars kontaktperson:

Detaljer

OPPDRAGSLEDER. Mats A. Giske OPPRETTET AV. Mats A. Giske

OPPDRAGSLEDER. Mats A. Giske OPPRETTET AV. Mats A. Giske OPPDRAG Humlehaugen - støy fra vegtrafikk OPPDRAGSLEDER Mats A. Giske DATO OPPDRAGSNUMMER 22827001 OPPRETTET AV Mats A. Giske KVALITETSKONTROLL KJAA Humlehaugen 21 Dette notatet vurderer støynivå utendørs

Detaljer

Innholdsfortegnelse. Brekstad gård, boligfelt. Ørland kommune. Vegtrafikk - og flystøy med skjermingstiltak

Innholdsfortegnelse. Brekstad gård, boligfelt. Ørland kommune. Vegtrafikk - og flystøy med skjermingstiltak Ørland kommune Brekstad gård, boligfelt Vegtrafikk - og flystøy med skjermingstiltak COWI AS Grensev 88 Postboks 6412 Etterstad 0605 Oslo Telefon 02694 wwwcowino Innholdsfortegnelse 1 SAMMEN DRAG 2 2 INN

Detaljer

Viser til mottatt brev datert vedre behov for tilleggsopplysninger.

Viser til mottatt brev datert vedre behov for tilleggsopplysninger. VEDLEGG F7 Bergen kommune Etat for bygdesak og private planer Seksjon bygdesak Postboks 7700 5020 BERGEN Bergen den: 18.01.16 Redegjørelse til Bergen kommune, tilleggsopplysninger. Sak nr 201531269 Ramsviksvegen

Detaljer

PRINSENS VEI, BOLIGBLOKKER Vurdering av støy ved planlagt bebyggelse

PRINSENS VEI, BOLIGBLOKKER Vurdering av støy ved planlagt bebyggelse RAPPORT : 708901-0-R01 Revisjon : 0 Dato : 03.06.2015 Antall sider : 7 Antall vedlegg : 1 PRINSENS VEI, BOLIGBLOKKER Vurdering av støy ved planlagt bebyggelse Oppdragsgiver: Dimensjon rådgivning AS v/

Detaljer

6-åringar på skuleveg

6-åringar på skuleveg 6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel

Detaljer

Rapport Kilde Akustikk AS. Nordøyrane i Eid. Støyvurdering. for Landskapsark. Gyril Fimreite juni 06

Rapport Kilde Akustikk AS. Nordøyrane i Eid. Støyvurdering. for Landskapsark. Gyril Fimreite juni 06 Kilde Akustikk AS Rapport 3071-1 Nordøyrane i Eid Støyvurdering for Landskapsark. Gyril Fimreite juni 06 Rapport 3071-1 8 sider Voss Versjon Vår ref Kilde Akustikk AS Bergen - Voss 2006-06-19 1 13946/20001893/D600522

Detaljer

Støyhensyn i arealplanlegging

Støyhensyn i arealplanlegging Støyhensyn i arealplanlegging Plan- og byggesakskonferansen 11.11.2015 Bjørn Arne Karlsen overingeniør FMTR Innhold i denne presentasjonen 1. Hvorfor støy som tema i arealplanlegging? 2. Regelverk/retningslinjer

Detaljer

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER 1.0 GENERELLE FØRESEGNER ( 20-4, 2. ledd) Kommunedelplanen har rettsverknad på den måten at grunneigar ikkje kan bruke eller byggje på sin eigedom på anna måte

Detaljer

RAPPORT. Møhlenpris Oppveksttun. Vegtrafikkstøy på uteområde. SWECO NORGE AS VEST AKUSTIKK OPPDRAGSNUMMER RIAKU

RAPPORT. Møhlenpris Oppveksttun. Vegtrafikkstøy på uteområde. SWECO NORGE AS VEST AKUSTIKK OPPDRAGSNUMMER RIAKU Møhlenpris Oppveksttun. Vegtrafikkstøy på uteområde. OPPDRAGSNUMMER 99420001 RIAKU01 SWECO NORGE AS VEST AKUSTIKK FRODE ATTERÅS BERNT HEGGØY (KS) Sweco Endringsliste VER. DATO ENDRING GJENNOMGÅTT GODKJENT

Detaljer

Tromsø Bunkerdepot AS

Tromsø Bunkerdepot AS Tromsø Bunkerdepot AS Stenberg trinn 2 Støyberegning RAPPORT Rapport nr.: Oppdrag nr.: Dato: Støy 01 501984 Kunde: Tromsø Bunkerdepot AS v/kontorfellesskapet John Kristoffersen Arkitektkontor AS og Dalsbøes

Detaljer

N o t a t

N o t a t N o t a t 312014-14-1 Oppdrag: E134 Gvammen Århus Dato: 13. januar 2012 Emne: Oppdr.nr.: 312014-14-1 Til: Statens vegvesen Region sør Trude Holter Kopi: Utarbeidet av: Arne Larsen Kontrollert av: Erling

Detaljer

STØYVURDERING. Bybrua boligfelt - Gjøvik kommnue Støyvurdering av vegtrafikkstøy. Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato:

STØYVURDERING. Bybrua boligfelt - Gjøvik kommnue Støyvurdering av vegtrafikkstøy. Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: Prosjekt: Vedrørende: STØYVURDERING Bybrua boligfelt - Gjøvik kommnue Støyvurdering av vegtrafikkstøy Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: 11.02.2016 På oppdrag for NORDBOLIG innlandet AS er

Detaljer

Skjærgårdsholmen Håkonshella

Skjærgårdsholmen Håkonshella Kilde Akustikk AS Rapport 5280-1 Skjærgårdsholmen Håkonshella Støyvurdering for februar 10 Rapport 5280-1 7 sider Voss Versjon Vår ref Kilde Akustikk AS Bergen - Voss 2010-02-17 1 0/20003407/D1002674.doc

Detaljer

Det regulerte område, som er synt på planen med grenseline, er nytta til:

Det regulerte område, som er synt på planen med grenseline, er nytta til: Reguleringsbestemmelser: Reguleringsføresegner til reguleringsplan for deler av Våge, g.nr. 38, b.nr 145. Rennedalen, g.nr 39, b.nr. 1,2,3,4,5,7,9,10,12,13,22,23,25,26,27,28, og Knarrevik, g.nr. 40, b.nr.

Detaljer

OPPDRAGSLEDER. May-Liss Tofterå OPPRETTET AV. Frode Atterås. Boliger Schweigårds vei Støy fra vegtrafikk. Revisjon 2.

OPPDRAGSLEDER. May-Liss Tofterå OPPRETTET AV. Frode Atterås. Boliger Schweigårds vei Støy fra vegtrafikk. Revisjon 2. OPPDRAG Schweigårds vei 22-24 - Reguleringsplanarbeider OPPDRAGSNUMMER 12247001 OPPDRAGSLEDER May-Liss Tofterå OPPRETTET AV Frode Atterås DATO KONTROLLERT AV Tormod Kvåle Boliger Schweigårds vei 22-24.

Detaljer

STØYVURDERING. Markensplassen - Kongsvinger Kommune

STØYVURDERING. Markensplassen - Kongsvinger Kommune STØYVURDERING Markensplassen - Kongsvinger Kommune Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering i forbindelse med reguleringsplan Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: 27.11.2010 På forespørsel fra Arkitektlaget

Detaljer

RAPPORT. Støyutredning Lyderhornslien sør felt B5 - vegtrafikkstøy NCC UTVIKLING AS OPPDRAGSNUMMER RIAKU01-REV

RAPPORT. Støyutredning Lyderhornslien sør felt B5 - vegtrafikkstøy NCC UTVIKLING AS OPPDRAGSNUMMER RIAKU01-REV NCC UTVIKLING AS Støyutredning Lyderhornslien sør felt B5 - vegtrafikkstøy OPPDRAGSNUMMER 17821001 SWECO NORGE AS BRG AKUSTIKK MARITA SØRBØ TORMOD UTNE KVÅLE Sweco Endringsliste. DATO ENDRINGEN GJELDER

Detaljer

Tyrifjorden Brygge. Hole. Støyvurdering. Revidert utgave sept

Tyrifjorden Brygge. Hole. Støyvurdering. Revidert utgave sept Tyrifjorden Brygge. Hole. Støyvurdering Revidert utgave sept. 2016. Siv.ing Bjørn Leifsen AS, 13.9.2016 1 Forord Mitt firma har fått i oppdrag av via Spir Arkitekter AS å foreta en revidert støyvurdering

Detaljer

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll 2.9.2014

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll 2.9.2014 Barnevernsfaglege vurderingar Fylkesmannen sine erfaringar Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll 2.9.2014 Heimel Dokumentasjonskrav 1. Barnevernlova og forvaltningslova Formål 1. Arbeidsverktøy for dei

Detaljer

FØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR SKÅRHAUG

FØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR SKÅRHAUG FØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR SKÅRHAUG 1 Generelt Området innafor reguleringsgrensa vert regulert til A. Byggeområde for B. Landbruksområde Frittliggande småhusbebyggelse Konsentrert småhusbebyggelse

Detaljer

RAPPORT. Granmo gård OPPDRAGSGIVER. Stig O. Bakken EMNE. Støyvurdering. DATO / REVISJON: 22. mai 2014 / 00 DOKUMENTKODE: 416712-RIA-RAP-01

RAPPORT. Granmo gård OPPDRAGSGIVER. Stig O. Bakken EMNE. Støyvurdering. DATO / REVISJON: 22. mai 2014 / 00 DOKUMENTKODE: 416712-RIA-RAP-01 RAPPORT Granmo gård OPPDRAGSGIVER Stig O. Bakken EMNE DATO / REVISJON: 22. mai 2014 / 00 DOKUMENTKODE: 416712-RIA-RAP-01 Denne rapporten er utarbeidet av Multiconsult i egen regi eller på oppdrag fra kunde.

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer

BEREGNING AV TRAFIKKSTØY

BEREGNING AV TRAFIKKSTØY BEREGNING AV TRAFIKKSTØY Kongssenteret Kongsvinger nybygg og tilbygg Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: 17.06.2008 Revidert: 10.10.2008 På oppdrag for Sektor

Detaljer

STØYVURDERING FOTGJENGERUNDERGANGER ØLENSVÅG. VINDAFJORD KOMMUNE.

STØYVURDERING FOTGJENGERUNDERGANGER ØLENSVÅG. VINDAFJORD KOMMUNE. STØYVURDERING FOTGJENGERUNDERGANGER ØLENSVÅG. VINDAFJORD KOMMUNE. HØNEFOSS, 18.5.2016 1 Forord har fått i oppdrag via Cowi AS å foreta en støyvurdering i forbindelse med bygging av fotgjengerunderganger

Detaljer

STØYVURDERING. Ny butikk, Gata - Stange Kommune. Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: 11.07.

STØYVURDERING. Ny butikk, Gata - Stange Kommune. Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: 11.07. STØYVURDERING Ny butikk, Gata - Stange Kommune Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: 11.07.2011 På forespørsel fra ASH Arkitekter AS v/tore Bergh er det foretatt

Detaljer

STØYVURDERING. Boliger Midtmoen, Vinstra Nord-Fron Kommune

STØYVURDERING. Boliger Midtmoen, Vinstra Nord-Fron Kommune STØYVURDERING Boliger Midtmoen, Vinstra Nord-Fron Kommune Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: 17.08.2011 På forespørsel fra BoligPartner AS v/idar Sambu

Detaljer

Fjell kommune. Gnr. 42, Bnr. 3; Bnr. 49; Bnr. 99; samt del av Bnr. 83 og 85 MAIMYRA, BRATTHOLMEN

Fjell kommune. Gnr. 42, Bnr. 3; Bnr. 49; Bnr. 99; samt del av Bnr. 83 og 85 MAIMYRA, BRATTHOLMEN Fjell kommune Reguleringsføresegner for: Jf plan- og bygningslova (pbl) 26 Gnr. 42, Bnr. 3; Bnr. 49; Bnr. 99; samt del av Bnr. 83 og 85 MAIMYRA, BRATTHOLMEN 1 GENERELT 1.1 Det regulerte området er vist

Detaljer

RAPPORT. RIAKU Paradis S10 veitrafikkstøy WAHL EIENDOM BOLIGUTVIKLING AS STØYRAPPORT OPPDRAGSNUMMER RIAKU01 REV

RAPPORT. RIAKU Paradis S10 veitrafikkstøy WAHL EIENDOM BOLIGUTVIKLING AS STØYRAPPORT OPPDRAGSNUMMER RIAKU01 REV WAHL EIENDOM BOLIGUTVIKLING AS RIAKU Paradis S10 veitrafikkstøy OPPDRAGSNUMMER 22358001 STØY SWECO NORGE AS BRG AKUSTIKK MARITA SØRBØ TORMOD UTNE KVÅLE Sweco Endringsliste REV. DATO ENDRINGEN GJELDER KONTR.

Detaljer

STØYVURDERING. Boliger Kvilavegen 18 Stange Kommune. Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato:

STØYVURDERING. Boliger Kvilavegen 18 Stange Kommune. Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: STØYVURDERING Boliger Kvilavegen 18 Stange Kommune Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: 27.04.2012 På forespørsel fra ASH Arkitekter AS v/cathrine H. Foss

Detaljer

Reguleringsplan Eidsvikeidet B14/O7 - Trolldalen

Reguleringsplan Eidsvikeidet B14/O7 - Trolldalen Oppdragsgiver: Hallgeir Wuttudal Oppdrag: 531400 Eidsvikeidet Del: Støyutredning Dato: 14.12.2012 Skrevet av: Kvalitetskontroll: Geir P. Pedersen Ann Kristin Sæther Støyutredning Reguleringsplan Eidsvikeidet

Detaljer

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011 HORNINDAL KOMMUNE Tilsynsplan Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova Hornindal kommune 2011 Vedteken av Utviklingsutvalet den 16. mars 2011 Sak: 020/11 Arkivsak: 11/207-1 01.03.2011 Innhald:

Detaljer

RAPPORT. Liamyrane næringsområde, støyvurdering SOGNNES EIENDOM AS OPPDRAGSNUMMER RIAKU01 REV SWECO NORGE AS BRG AKUSTIKK

RAPPORT. Liamyrane næringsområde, støyvurdering SOGNNES EIENDOM AS OPPDRAGSNUMMER RIAKU01 REV SWECO NORGE AS BRG AKUSTIKK SOGNNES EIENDOM AS Liamyrane næringsområde, støyvurdering OPPDRAGSNUMMER 14762001 SWECO NORGE AS BRG AKUSTIKK MARITA SØRBØ FRODE EIKELAND Sweco Endringsliste VER. DATO ENDRINGEN GJELDER KONTR. AV UTARB.

Detaljer

BEREGNING AV TRAFIKKSTØY

BEREGNING AV TRAFIKKSTØY BEREGNING AV TRAFIKKSTØY Skreddarstugu Nord-Fron Kommune Prosjekt: Vedrørende: Støyvurdering av vegtrafikkstøy Utarbeidet av: siv.ing. Gert Berg Knudsen Dato: 30.11.2011 På forespørsel fra Nord-Fron Kommune

Detaljer

Rv 49 Vikøy-Norheimsund

Rv 49 Vikøy-Norheimsund Kilde Akustikk AS Rapport 4832-1 Rv 49 Vikøy-Norheimsund Støyvurdering Ved Vikøy Ved Kaldestad for Statens vegvesen. Region vest februar 09 Rapport 4832-1 13 sider Voss Versjon Vår ref Kilde Akustikk AS

Detaljer

Håne Invest AS. Fly- og vegtrafikkstøy 122/609 Laksevåg

Håne Invest AS. Fly- og vegtrafikkstøy 122/609 Laksevåg Håne Invest AS Fly- og vegtrafikkstøy 122/609 Laksevåg RAPPORT Rapport nr.: Oppdrag nr.: Dato: RIAKU02 98706002 Kunde: Håne Invest AS Fly- og vegtrafikkstøy 122/609 Laksevåg Sammendrag: Utendørs flystøy

Detaljer

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad.

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad. FIBER TIL HEIMEN Utbygging av fiber Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga til din bustad. Fiber til heimen F Ø L G J A N D E V I L S K J E F R A M O V E R Entreprenøren legg ned fiberkabel

Detaljer

RAPPORT VEDRØRENDE TRAFIKKSTØY. Nygård Kirkegård

RAPPORT VEDRØRENDE TRAFIKKSTØY. Nygård Kirkegård RAPPORT VEDRØRENDE TRAFIKKSTØY Nygård Kirkegård For Bergen Kirkelige Fellesråd Desember 2012 Dato for første utgivelse: Rapport vedrørende: 23.08.2012 Trafikkstøy Nygård gravplass Prosjektnr. Prosjekt:

Detaljer

Vedlegg 6. Støyutredning RAPPORT. Prosjektnummer: Dokumentnummer: RIAku01 Rev.: 0

Vedlegg 6. Støyutredning RAPPORT. Prosjektnummer: Dokumentnummer: RIAku01 Rev.: 0 Vedlegg 6 RAPPORT Støyutredning Kunde: Prosjekt: Verdal kommune Vuku Barnehage Prosjektnummer: 28945001 Dokumentnummer: RIAku01 Rev.: 0 Sammendrag: Sweco Norge AS har på oppdrag fra Verdal kommune vurdert

Detaljer

RAPPORT. Bjørnsveen Panorama, støyberegning BJØRNSVEEN PANORAMA OSL AKUSTIKK BEREGNING AV VEITRAFIKKSTØY TIL BJØRNSVEEN PANORAMA

RAPPORT. Bjørnsveen Panorama, støyberegning BJØRNSVEEN PANORAMA OSL AKUSTIKK BEREGNING AV VEITRAFIKKSTØY TIL BJØRNSVEEN PANORAMA BJØRNSVEEN PANORAMA Bjørnsveen Panorama, støyberegning OPPDRAGSNUMMER 13525001 BEREGNING AV VEITRAFIKKSTØY TIL BJØRNSVEEN PANORAMA OSL AKUSTIKK BJØRNSVEEN PANORAMA AS HÅKON EIVIND LARSEN TORE SANDBAKK

Detaljer