LibreOffice 4.2 Impress Guide. Presentations in LibreOffice

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "LibreOffice 4.2 Impress Guide. Presentations in LibreOffice"

Transkript

1 LibreOffice 4.2 Impress Guide Presentations in LibreOffice

2 Opphavsrett Opphavsretten (copyright) til dette dokumentet, , tilhøyrer utgjevarane som er lista opp nedanfor. Du har lov til å didtribuere det vidare og/eller gjere endringar under vilkåra sette i GNU General Public License (http://www.gnu.org/licenses/gpl.html), versjon 3 eller nyare, eller Creative Commons Attribution License (http://creativecommons.org/licenses/by/4.0/), versjon 4.0 eller nyare. Alle varemerke i denne innføringa tilhøyrer eigarane deira. Bidragsytarane Peter Schofield T. Elliot Turner Low Song Chuan Michele Zarri Chad D. Lines Jaimon Jacob Jean Hollis Weber Muhammad Sufyan Zainalabidin Hazel Russman Tilbakemelding Send, på engelsk, merknader og forslag som har med dette dokumentet å gjere til: For den norske utgåva kan du sende ein e-post til eller til e-postlista Merk: Alt du sender til ei e-postliste, inkludert e-postadressa di og eventuelle personlege opplysningar i meldinga blir arkivert i offentleg tilgjengelege arkiv og kan ikkje slettast. Anerkjenningar Denne boka byggjer på og er oppdatert frå OpenOffice.org 3.3 Impress Guide. Bidragsytarane til denne boka er lista opp på side 11. Utgjevingsdato og programversjon Utgjeve 26. august Basert på LibreOffice 4.2. Norsk utgåve 18. februar 2015 ved Kolbjørn Stuestøl, I den norske utgåva er det lagt til merknader der versjon 4.3 og 4.4 er ulik versjon 4.2 (dersom eg har oppdaga ulikskapane). Dokumentasjon for LibreOffice er tilgjengeleg på

3 Innhald Opphavsrett... 2 Forord...7 Kven er denne boka for?...8 Kva er i boka?... 8 Kvar kan eg få meir hjelp?...8 Kva som kan visast ulikt...9 Bruke LibreOffice på Mac Kva heiter alle desse tinga?...10 Kven har skrive denne boka?...11 Anerkjenningar Ofte stilte spørsmål Kva er nytt i LibreOffice 4.2?...12 Kapittel 1 Innleiing til Impress...13 Kva er Impress? Starta Impress Hovudvindauget i Impress Ulike visingar av arbeidsområdet...19 Slik lagar du ein ny presentasjon...24 Formatere ein presentasjon...28 Vise presentasjonen Presentasjonskonsollen Kapittel 2 Bruke hovudutforming, stilar og malar...35 Utforming av ein presentasjon...36 Kva er hovudutformingar? Arbeide med hovudutformingar...37 Arbeide med stilar i Impress...50 Arbeide med malar Kapittel 3 Legge til og formatere tekst...59 Innleiing Arbeide med tekstboksar Setje inn tekst Formatere tekst Formatere teikn Formatere avsnitt Laga punktlister og nummererte lister...80 Bruke tabellar Bruke felt Bruke hyperlenker Kapittel 4 Legge til og formatere bilete...95 Innleiing Setje inn bilete Dokumentasjon for LibreOffice er tilgjengeleg på 4.2 Impress Guide 3

4 Handtere galleritema Formatere bilete Lage eit biletkart Kapittel 5 Arbeide med grafiske objekt Innleiing Verktøylinja for teikning Laga linjer og former Gruppere objekt Plassere grafiske objekt Endra storleik på teikneobjekt Bruke spesialeffektar Justere objekt Feste objekt til rutenett eller festelinjer Stille opp objekt Arbeide med sambandslinjer Arbeide med 3D objekt Omforme objekt til ulike typar Setje opp samhandling i eit objekt Bruke skriftutforming (Fontwork) Animasjonar Kapittel 6 Formatere biletobjekt Formatere objekt Formatere linjer Formatere områdefyllingar Lage nye områdefyllingar Formatere tekst i objekt Formatere sambandslinjer Arbeide med biletstilar Kapittel 7 Inkludera rekneark, diagram og andre objekt OLE-objekt Rekneark Diagram Filmar og lyd Formlar Teikningar, tekstfiler, HTML-filer og andre objekt Kapittel 8 Legge til og formatere lysbilete, notat og støtteark Innleiing Legge til, gi nytt namn til og slette lysbilete Lage lysbilete frå ein disposisjon Endra lysbileta Merknadar Presentasjonsnotat Støtteark for presentasjonen LibreOffice 4.2 Impress Guide

5 Kapittel 9 Lysbiletframvisingar Laga ei lysbiletframvising Bruke lysbiletovergangar Bruke animasjonseffektar Bruke samhandling (interaksjon) Lysbiletvisingar Kapittel 10 Skrive ut, sende som e-post, eksportere og lagra lysbiletframvisingar.247 Innleiing Rask utskriving Kontrollert utskrift Skrive ut brosjyrar PDF-eksport Eksporter som Flash-fil Eksportere som nettsider (HTML-filer) Sende ein presentasjon som e-post Digital signering av dokument Fjerne personlege data Opna og lagra ei PowerPoint-fil Kapittel 11 Setje opp og tilpasse Impress Innstillingane for LibreOffice Velje innstillingar for Impress Tilpassa brukargrensesnittet Legge til funksjonar med utvidingar Vedlegg A Tastatursnarvegar Innleiing Funksjonstastar i Impress Snarvegtastar for lysbiletvising Snarvegtastar for normalvising Snarvegtastar for redigering av tekst Snarvegtastar i Impress Navigering i lysbiletsortering Bruk av snarvegtastar Index Dokumentasjon for LibreOffice er tilgjengeleg på 4.2 Impress Guide 5

6 Forord

7 Kven er denne boka for? Alle som ønskjer å lære seg å bruka LibreOffice Impress vil finna denne boka nyttig, anten du er nybyrjar i å laga presentasjonar eller du tidlegare har brukt andre program som t.d. Microsoft PowerPoint. Kva er i boka? Denne boka dekker hovudfunksjonane i Impress, det vil seia presentasjonskomponentane (lysbiletframvisingane) til LibreOffice. Ved hjelp av Impress kan du laga lysbilete som inneheld tekst, puktlister og nummererte lister, tabellar, diagram, bilete og andre objekt. Impress blir levert med førehandsdefinerte tekststilar, lysbiletbakgrunnar og hjelp. Programmet kan opna og lagra Microsoft PowerPoint formats og kan eksportere til PDF, HTML, Adobe Flash og mange grafiske format Kvar kan eg få meir hjelp? Både i denne boka, i andre LibreOffice-rettleiingar, det innebygde hjelpsystemet i LibreOffice og i brukarhjelp på Internett går ein ut frå at du kjenner dei grunnleggjande funksjonanen for å bruke datamaskinen, som t.d. å starta eit program, opna og lagra filer. Hjelpsystemet LibreOffice blir levert med eit svært godt hjelpsystem. Dette er første staden å søke hjelp når du bruker LibreOffice. Du får fram hjelp ved å trykke F1 eller ved å velje LibreOffice Hjelp frå hjelp-menyen. I tillegg kan du velje å aktivere «Tips» og «Utvida tips». Dette gjer du frå Verktøy Innstillingar LibreOffice Generelt. Viss «Tips» er slått på, vil du få opp ei snakkeboble med ei kort forklaring om funksjonen når du held musepeikaren over eit symbol på skjermen. Vel du Hjelp Kva er dette? og held musepeikaren over eit symbol, kjem dei fram ei meir utførleg forklaring. Gratis støtte på Internett LibreOffice-fellesskapet gjer meir enn å utvikle programvare. Det tilbyr også gratis, dugnadsbasert støtte. Sjå Tabell 1 og nettsida Du kan få omfattande hjelp og støtte frå fellesskapet gjennom e-postlister og nettsida Ask LibreOffice, Det finst også andre nettsider som blir drivne av brukarar som tilbyr gratis hjelp. Du kan også finne svar og få hjelp på forumet Nettstaden gir støtte for mange program, også LibreOffice. Betalt støtte og opplæring Eit alternativ kan vere å betale for støtte. Ta kontakt med firma som driv med støtte og opplæring spesielt for LibreOffice. 8 LibreOffice 4.2 Impress Guide

8 Tabell 1: Gratis støtte for LibreOffice-brukarar (på engelsk) Gratis støtte for LibreOffice Ask LibreOffice Spørsmål og svar frå LibreOffice-fellesskapet Documentasjon Brukarrettleiingar, innføringar og anna dokumentasjon. https://wiki.documentfoundation.org/documentation/publications OSS-ar Svar på ofte stilte spørsmål E-postlister Eit nettverk av erfarne brukarar som tilbyr hjelp Internasjonal støtte Utvidingar LibreOffice-nettsider på fleire språk. (Ser ut til å vere nedlagt) Internasjonale e-postlister Informasjon om tilgjengelege utvidingar. Kva som kan visast ulikt Illustrasjonar LibreOffice kan brukast på alle versjonar av operativsystema Windows, Linux og Mac OS X. Kvar av desse kan tilpassast av brukaren med omsyn til skrifttypar, fargar, tema vindaugehandtering og mykje meir. Illustrasjonane I denne handboka er tatt frå mange ulike datamaskiner og operativsystem. Difor kan det hende at noen av illustrasjonane ser noe anleis ut enn det du ser på din eigen datamaskin. Også ein del dialogvindauge kan sjå anleis ut fordi mange er avhengige av instillingane som er gjort I LibreOffice. Du kan anten bruke dialogvindauge sett av operativsystemet (standard) eller dialogvindauge laga av LibreOffice. Slik set du opp maskinen for å bruke LibreOffice sine dialogvindauge: 1) På Linux og Windows operativsystem: gå til Verktøy Innstillingar LibreOffice Generelt for å opna dialogvindauget for generelle innstillingar. 2) På Mac operativsystem: gå til LibreOffice Innstillingar Generelt på hovudmenyen for å opna dialogvindauget for generelle innstillingar. 3) Vel Bruk LibreOffice dialogvindauge i Opna/Lagra dialogvindauge og (bare i Linux og Mac OS X operativsystem) Dialogvindauge for utskrift for å vise LibreOffice dialogvindauge på datamaskinen du bruker. 4) Klikk OK for å lagra innstillingane og lukka vindauget. Knappar og symbol Utsjånaden til ein del knappar og symbol som blir brukte for å visa mange av dei tilgjengelege verktøya i LibreOffice kan vere annleis på datamaskinen du bruker i høve til slik dei er viste i denne handboka. Knappane og symbola (ikon) i denne handboka er tatt frå eit oppsett av LibreOffice som er sett til å bruke Galaxy-settet av ikon. Forord 9

9 Om ønskjeleg, kan du endre oppsettet av LibreOffice slik at Galaxy-symbola blir brukte. Det gjer du slik: 1) På Linux og Windows operativsystem: gå til Verktøy Innstillingar LibreOffice Vis på hovudmenyen for å opna visingsinnstillingane. 2) På Mac operativsystem: gå til LibreOffice Innstillingar Vis opå hovudmenyen for å opna visingsinnstillingane. 3) I Brukargrensesnitt Ikonstorleik og ikonstil vel du Galaxy frå nedtrekkslista. 4) Klikk OK for å lagra innstillingane og lukke vindauget. Merk Noen Linux operativsystem, for eksempel Ubuntu, inkluderer LibreOffice som ein del av installasjonen og har kanskje ikkje ikonsettet Galaxty. Det skal då vere råd å laste ned dette settet frå nettsidene til den versjonen av Linux operativsystemet du bruker. Bruke LibreOffice på Mac Noen av tastekommandoane er ulike på Mac i høve til på Windows/Linux. Tabellen nedanfor viser noen av dei vanlegaste skilnadane brukte i dette dokumentet. Sjå i hjelp for meir om dette. Windows og Linux Mac ekvivalent Verktøy Innstillingar LibreOffice Innstillingar menyval Høgreklikk Control + klikk og/eller høgreklikk avhengig av maskinoppsettet Effekt Tilgang til innstillingane for oppsetting Opnar ein lokalmeny (sprettoppmeny) Ctrl (Control) (Command, Cmd) Brukt saman med andre tastar F5 Shift+ +F5 Opnar dokumentstrukturen F11 +T Opnar stil- og formatvindauget Kva heiter alle desse tinga? Termane som er brukte i LibreOffice for dei fleste delane i brukargrensesnittet (den delen av programmet som du ser og bruker, i motsetnad til kodane som er brukte i sjølve programmet) er stort sett dei same for alle programma. Eit dialogvindauge er ei spesiell utgåve av vindauge. Føremålet med dialogvindauge er å informere deg om eitt eller anna, eller at du kan skrive inn noe, eller begge. Dei inneheld også ofte kontrollelement som du kan bruke for å bestemme korleis ei handling skal utførast. Dei tekniske namna for vanlege kontrollelement er viste i 1. Til vanleg bruker vi ikkje dei tekniske namna i denne boka, men det kan vere greitt å kjenne til dei fordi dei blir ofte brukte i hjelp og andre kjelder til informasjon. 1) 2) 3) 4) Tabulert side (strengt tatt ikkje eit kontrollelement). Radioknappar (bare ein kan vere aktiv om gongen). Avkryssingsboks (meir enn éin kan vere aktivert). Talboks (klikk på oppover- og nedoverpila for å endra talet vist i tekstboksen, eller skriv inn talet i tekstboksen). 5) Miniatyr eller førehandsvising. 6) Nedtrekksliste der du kan velje ei oppføring. 10 LibreOffice 4.2 Impress Guide

10 7) Trykknappar. Figur 1: Dialogvindauge med ein del felles kontrollelement I dei fleste tilfella kan du bare arbeide I dialogvindauget (ikkje I sjølve dokumentet) så lenge vindauget er ope. Når du lukkar vindauget, som oftast ved å trykke på OK eller ein annan knapp, blir endringane lagra og dialogvindauget lukka, kan du igjen arbeide på dokumentet. Det finst likevel noen dialogvindauga som kan vere opne medan du arbeider på dokumentet. Eit eksempel på dette er dialogvindauget «Finn og byt ut». Kven har skrive denne boka? Denne boka er skriven av frivillige frå LibreOffice-fellesskapet. Inntekter frå salet av den trykte utgåva (bare på engelsk) blir nytta til beste for fellesskapet. Anerkjenningar Denne boka byggjer på og er oppdatert frå OpenOffice.org 3.3 Impress Guide. Medarbeidarane på denne boka er: Michele Zarri Jean Hollis Weber Dan Lewis Agnes Belzunce Peter Hillier-Brook Gary Schnabl Claire Wood Rachel Kartch Hazel Russman Jared Kobos Martin J Fox Paul Miller Nicole Cairns Rachel Kartch Kolbjørn Stuestøl (norsk utgåve) Forord 11

11 Ofte stilte spørsmål Korleis er LibreOffice lisensiert? LibreOffice 4.2 er distribuert under lisensen Open Source Initiative (OSI) godkjent av Mozilla Public License (MPL). MPL lisensen er tilgjengeleg frå Kan eg dele LibreOffice med alle? Ja. Kor mange datamaskiner kan eg installere programmet på? Så mange du vil. Har eg lov til å selja det? Ja. Har eg lov til å bruke LibreOffice kommersielt? Ja. Kan eg distribuere PDF-utgåva av denne boka, eller skrive ut og selje kopiar? Ja, så lenge du oppfyller vilkåra i ein av lisensane nemnde under lisensane tidlegare i denne boka. Du treng ikkje spesielle løyve. Vi vil setje stor pris på om du i tilfelle deler litt av fortenesta med prosjektet for å dekke inn noen av utgiftene alt arbeidet med å laga og forbetra det. Korleis kan eg bidra til LibreOffice? Du kan hjelpe til med å utvikle LibreOffice på mange måtar, og du treng ikkje vere programmerar. Du kan for eksempel hjelpe til med å skrive brukardokumentasjon, laga videoinnføringar og anna støttemateriell. Som ei byrjing kan du sjå innom nettsida Kva er nytt i LibreOffice 4.2? Du finn endringane gjort frå LibreOffice 4.1 til LibreOffice 4.2 her: https://wiki.documentfoundation.org/releasenotes/4.2. Du kan også lese om kva endringar som blei gjort frå versjon 4.0 til 4.1 av LibreOffice her: https://wiki.documentfoundation.org/releasenotes/ LibreOffice 4.2 Impress Guide

12 Kapittel 1 Innleiing til Impress

13 Kva er Impress? Impress er LibreOffics sitt presentasjonsprogram (for lysbiletvising). Du kan laga lysbiletframvisingar som inneheld mange ulike element, som tekst, punktlister og nummererte lister, tabellar, diagram og mange ulike former for grafiske objekt som biletsamlinger (clipart), teikningar og foto. Impress inneheld også stavekontroll, synonymordbok, tekststilar og bakgrunnsstilar. Dette kapitlet forklarer Impress sitt brukargrensesnitt og viser korleis du kan lage ei enkel biletframvising ved hjelp av presentasjonsvegvisaren. Dei andre kapitla i denne boka forklarer korleis du kan lage sofistikerte lysbiletshow ved hjelp av dei ulike funksjonane i Impress. Skal du lage noe meir enn svært enkle framvisingar, krev det litt kunnskap om dei ulike elementa eit lysbilete er bygd opp av. For eksempel blir visinga og utsjånaden til tekst i eit lysbilete styrt av stilar. Teikningar blir i Impress laga på same måten som i teikneprogrammet Draw som er inkludert i LibreOffice. Sjå meir om dette i handboka for Draw. Starta Impress Du kan opna Impress på mange måtar: Frå oppstartmenyen til LibreOffice. Dersom ingen komponentar er opne, trykk på knappen «Impress presentasjon» for å laga ein ny presentasjon, eller trykk på knappen for å opna filer og finn fram til mappa der det finst ein presentasjon. Frå systemmenyen. Dette er standardmenyen der dei fleste programma blir opna. I Windows er denne menyen kalla Start-menyen. I Linux med Gnome skrivebord heiter han Programmenyen (Applications menu), på eit KDE-skrivebord ligg han under KDE-logoen. På Mac OS X heiter han Programmenyen (Applications menu). Sjå meir om dei ulike operativsystema i Getting Started Guide Chapter 1 Introducing LibreOffice. På Windows kan du velje Presentation i Snøggstart for LibreOffice. Liknande funksjonar finst også for Mac OS X og Linux, sjå Getting Started Guide Chapter 1 Introducing LibreOffice. Frå ein ope komponent i LibreOffice. Klikk på trekanten til høgre for knappen Ny i hovudmenyen og vel Presentasjon frå nedtrekksmenyen, eller vel Fil Ny Presentasjon på menylinja. Merk Når LibreOffice blir installert på datamaskinen, blir det som oftast lagt til ei menyoppføring for kvar komponent i systemmenyen. Namnet på og plasseringa av desse menyoppføringane er avhengig av operativsystemet og det grafiske brukargrensesnittet. Første gongen du opnar Impress, kjem presentasjonsvegvisaren fram. Her kan du velje Tom presentasjon, som opnar eit tomt dokument Frå mal, som gir deg valet mellom fleire ulike malar du kan bruke for presentasjonen Opna eksisterande presentasjon Klikk på Opprett for å opna hovudvindauget for Impress. Du finn meir detaljert om korleis du bruker presentasjonsvegvisaren i kapitlet «Slik lagar du ein ny presentasjon» på side 24. Dersom du ikkje ønskjer å bruke presentasjonsvegvisaren, kan du velje Ikkje vis denne vegvisaren igjen før du klikkar Opprett. Du kan få fram vegvisaren igjen frå Verktøy 14 LibreOffice 4.2 Impress Guide

14 Innstillingar LibreOffice Impress Generelt Nytt dokument på hovudmenyen og merke av for Start med vegvisaren. Hovudvindauget i Impress Hovudvindauget i Impress (2) er delt inn i tre delar: lysbiletpanelet, arbeidsområdet og oppgåvepanelet. I tillegg kan det vere fleire verktøylinjer som kan visast eller gøymast etter behov. Figur 2: Hovudvindauget i Impress. Ovalane viser Gøym/Vis-merka Tips Du kan lukka lysbiletpanelet og oppgåvepanelet ved å trykke på x-en oppe i høgre hjørne, eller ved å velje Vis Lysbiletpanel eller Vis Oppgåvepanel. Bruk Vis Lysbiletpanel og Vis Oppgåvepanel for i opna panela igjen. Du kan også maksimere arbeidsområdet ved å trykke på vis/gøym-merka i midten av dei loddrette skiljelinjene (vist med ovalar i 2). Når du bruker vis/gøym blir panelet gøymd, men ikkje lukka. For å vise panela igjen, trykk på vis/gøym igjen. Lysbiletpanelet Lysbiletpanelet viser miniatyrar av lysbileta i presentasjonen i den rekkefølgja dei blir viste dersom du ikkje har endra rekkefølgja som omtalt i kapittel 9, Lysbiletvising. Når du klikkar på ein av Kapittel 1 Innleiing til Impress 15

15 miniatyrane, vil lysbildet bli vist i arbeidsområdet og du kan gjere alle dei endringane i det som du måtte ha behov for å gjere. I lysbiletpanelet kan du gjere fleire operasjonar på fleire bilete samstundes: Legge til eit nytt lysbilete. Merke eit lysbilete som gøymd slik at det ikkje blir vist under framsyninga. Slette eit lysbilete frå presentasjonen. Gi eit lysbilete eit nytt namn. Lage duplikat av eit lysbilete (kopier og lim inn) eller flytte det til ein annan stad i presentasjonen (klipp ut og lim inn). Det er også råd å gjere noen andre operasjonar, men som det er forklart seinare i dette kapitlet, er det andre og enklare måtar å gjere dei på. Endre overgangen etter det merkte lysbiletet eller for kvart lysbilete i ei gruppe lysbilete. Endre sekvensen av lysbilete i presentasjonen. Endre utsjånaden på lysbilete. Endre oppsettet for ei lysbiletgruppe samstundes. Oppgåvepanelet Oppgåvepanelet har sju avdelingar. Du utvidar visinga ved å klikke på symbolet for avdelinga heilt til høgre eller på den vesle trekanten over symbola og velja avdeling frå nedtrekkslista. Du kan ha framme bare ein avdeling om gongen. Eigenskapar Utformingane som er inkluderte i Impress blir viste her. Du kan velje ei av dei og bruke ho slik ho er, eller du kan gjere endringar i utforminga. Du kan ikkje lagra tilpassa utformingar Hovudutformingar Her kan du definere kva stil som skal brukast på sida (lysbiletet). Impress inneheld fleire ferdigdefinerte hovudutformingar (slide masters). Ein av desse standard er tom, dei andre har stil for bakgrunn og tekst. Tilpassa animasjon Det finst svært mange animasjonseffektar du kan bruke for å utheva eller forbetra dei ulike elementa i eit lysbilete. Seksjonen Tilpassa animasjon er ein enkel måte å legge til, endre eller fjerne ein animasjonseffekt på Lysbiletovergangar Her finn du mange ulike overgangar som blir brukte mellom lysbileta. Standard er ingen overgang som betyr at lysbiletet som blir vist ganske enkelt blir bytt ut med det neste. Vel du ein av dei tilgjengelege overgangane, kan du styra kor raskt overgangen skal skje (sakte, middels eller raskt, velje mellom automatisk eller manuell overgang og velje kor lenge kvart lysbilete skal visast (bare for automatisk overgang). Stilhandsamar Denne blir brukt til å redigere og legge til grafiske stilar, men du kan bare redigere presentasjonsstilar. Når du endrar ein stil, blir endringane automatisk brukt på alle elementa 16 LibreOffice 4.2 Impress Guide

16 som er formaterte med den aktuelle stilen. Vil du at endringane bare skal bli brukte på det gjeldande lysbiletet, må du lage ei ny hovudutforming bare for dette lysbiletet. Tips Vel Format Stilhandsamar på hovudmenyen eller trykk F11 for å opna dialogvindauget for stilhandsamaren der du kan endre stilane som er brukte i alle hovudutformingane. Dette kan du gjere når som helst. Galleri Opnar Impress-galleriet der du kan velje objekt som skal setjast inn i presentasjonen anten som ein kopi eller som ei lenke. Ein kopi er uavhengig av originalobjektet. Endringar i det opphavlege objektet har ingen effekt på kopien. Legg du inn objektet som lenke, vil alle endringar i originalen også bli utførte på lenka. Dokumentstruktur Opnar dialogvindauget for dokumentstrukturen (Impress navigator) der du raskt kan bytte til ei anna side eller velja eit objekt på eit lysbilete. Du bør gi lysbileta og objekta meiningsfulle namn slik at dei er lette å identifisere når du bruker dokumentstrukturen. Arbeidsområdet Arbeidsområdet er normalt plassert i midten av sida og har fem faner:normal, Disposisjon, Notat, Støtteark og Slide Lysbiletsortering (3). Desse fem fanene blir kalla visingsknappar. Området under visingsknappane vil variere med kva vising som er vald. Visingane for arbeidsområdet er nærare omtalt i «Ulike visingar av arbeidsområdet» på side 19. Figur 3: Faner i arbeidsområdet Verktøylinjer Det finst mange verktøylinjer om kan brukast når du lagar lysbilete. Du kan gjere dei synlege eller gøyma dei frå Vis Verktøylinjer på hovudmenyen. Du kan også velje kva symbol (ikon) som skal visast på kvar verktøylinje. Dette finn du meir om i kapittel 11, Setje opp og tilpasse Impress. Mange av verktøylinjene er like verktøylinjene i Draw. Du finn meir om desse i handboka for Draw Statuslinja Statuslinja (4) heilt nedst i Impress-vindauget inneheld informasjon som kan vere nyttig under arbeidet med ein presentasjon. Vil du ikkje bruke denne linja, kan du gøyme ho ved å gå inn på Vis på hovudmenyen og fjerne avkryssinga (ved å klikke på ho) for Statuslinje. Merk Storleiken blir gitt med den gjeldande måleeininga, som ikkje har noe med einingane brukte på linjalen. Denne måleeininga er definert i Verktøy Innstillingar LibreOffice Impress Generelt. Kapittel 1 Innleiing til Impress 17

17 Figur 4: Statuslinja Frå venstre mot høgre finn du: Informasjonsområdet visinga avhengig av kva som er markert. Eksempel: Eksempel på utval Eksempel på vist informasjon Tekstområde Tekstredigering: Avsnitt x, rad y, kolonne z Diagram, rekneark Innebygd objekt (OLE) «ObjectNamn» vald Bilete Bilete med gjennomsikt vald Markørposisjon posisjonen til markøren. Er eit utval markert, vil posisjonen til det øvre, venstre hjørnet av utvalet målt frå det øvre, venstre hjørnet til lysbiletet bli vist etterfølgd av høgda og breidda til utvalet eller tekstboksen markøren er i. Endringar ikkje lagra eit «flagg» indikerer at fila ikkje er lagra med dei siste endringane. Dobbeltklikk på flagget for å opna dialogvindauget for lagring. Digital signatur eit «flagg» indikerer at dokumentet er digitalt signert. Etter at fila er lagra, vil dobbelklikk på dette flagget opna dialogvindauget med den digitale signaturen. Lysbiletnummer nummeret på lysbiletet som blir vist i arbeidsområdet. Talet etter skråstreken viser samla tal på bilete i denne presentasjonen. Stil brukt for side (lysbilete) stilen som er brukt for lysbiletet, støtteark og notat for den sida som blir vist i arbeidsområdet. Dobbelklikk på stilnamnet for å opna dialogvindauget for lysbiletutforminga.. Forstørringsbrytar blir brukt for å bestemma kor stort arbeidsområdet skal visast. Forstørring i % viser kor mange prosent arbeidsområdet er i høve til full storleik (100 %). Dobbeltklikk på prosenttalet for å opna dialogvindauget for skalering og layout. Dokumentstruktur Dialogvindauget Dokumentstruktur viser alle objekta som er brukte i eit dokument. Dette er ein annan grei måte å flytte rundt i eit dokument og finne dei ulike elementa i det. Du kan opna dialogvindauget (5) ved å trykke på dokumentstruktursymbolet på standard menylinja, eller frå Vis Dokumentstruktur på menylinja eller med snarvegen Ctrl+Shift+F5. Du kan også trykke på dokumentstruktursymbolet 18 LibreOffice 4.2 Impress Guide i oppgåvefeltet for å opna eit tilsvarande dialogvindauge.

18 Figur 5: Dialogvindauget for dokumentstruktur Det er lettare å bruke dokumentstrukturen dersom du gir lysbileta og objekta i dei (bilete, rekneark osv.) meiningsfulle namn i staden for å bruke standardnamna «Lysbilde 1», «Form 1» og liknande. Ulike visingar av arbeidsområdet Kvar vising av arbeidsområdet er utforma for å gjere utforminga så enkel som råd er for dei ulike oppgåvene. Det kan difor vere greitt å bli kjend med desse for å kunne utføre oppgåvene raskare. Merk Kvar vising av arbeidsområdet viser ulike sett med verktøylinjer. Du kan tilpasse desse verktøylinjene frå Vis Verktøylinjer i hovudmenyen og krysse av for dei verktøylinjene du ønskjer å bruke eller fjerna avkryssinga for dei du ikkje bruker. Normalvising Visinga Normal er hovudvisinga når du skal lage lysbilete. Bruk denne visinga for å formatere og utforme lysbiletet og når du skal legge til tekst, bilete og animasjonar Du kan plassere eit lysbilete i arbeidsområdet for normalvising (2 på side 15) anten ved å klikke på miniatyren i lysbiletpanelet, eller ved å dobbeltklikke på det i dokumentstrukturen. Disposisjonsvising Disposisjonsvisinga (6) inneheld alle lysbileta i presentasjonen i nummerert rekkefølgje. Emneoverskrift, nummererte lister og punktlister blir viste for kvart lysbilete i disposisjonsformat. Bare tekst som er skrive inn i standard tekstfelt blir vist. Eventuell tekst skrive inn i andre tekstboksar eller grafiske objekt blir ikkje viste. Heller ikkje namnet på lysbiletet blir vist. Kapittel 1 Innleiing til Impress 19

19 Figur 6: Disposisjonsvising Figur 7: Pilknappane for disposisjonsnivå og flytting i verktøylinja for tekstformatering Bruk disposisjonsvisinga for å: 1) lage endringar i teksten i eit lysbilete: a) Legg til og slett tekst på same måten som i normalvisinga. b) Flytte tekstavsnitta i det valde lysbiletet opp og ned ved hjelp av knappane «Pil opp» og «Pil ned» i verktøylinja for tekstformatering (innringa i 7). c) Endra disposisjonsnivået for kva avsnitt som helst i eit lysbilete ved hjelp av knappane «Pil høgre» og «Pil venstre» i verktøylinja for tekstformatering. d) Endra disposisjonsnivået og flytte eit avsnitt samstundes ved å bruke ein kombinasjon av desse fire pilknappane. 2) Samanlikne lysbiletet med disposisjonen som er brukt (dersom du har lage ein disposisjon). Dersom du oppdagar at eit anna lysbilete skulle vore brukt her, kan du laga det direkte i disposisjonsvisinga eller du kan gå tilbake til normalvisinga og lage det det der. 20 LibreOffice 4.2 Impress Guide

20 Figur 8: Notatvising Notatvising Bruk notatvisinga (8) for å legge til notat i eit lysbilete. Når presentasjonen blir vist på ein ekstra skjerm kopla til datamaskinen, blir notata ikkje viste på ekstraskjermen. 1) 2) 3) 4) Klikk på fana Notat i arbeidsområdet. Merk lysbiletet som skal ha notatet. Klikk på lysbiletet i lysbiletpanelet eller dobbeltklikk på namnet i disposisjonsvisinga Klikk på orda «Klikk for å leggja til notat» i tekstfeltet under lysbiletet og skriv inn notatet. Du kan endre storleiken på tekstboksen for notat ved å klikke ei av kantlinjene og deretter bruke handtaka som kjem fram for å dra storleiken dit du ønskjer. Du kan også flytte boksen ved å klikke på ei av kantlinjene og dra boksen dit du ønskjer. Klikk på tasten F11 eller klikk på symbolet for stilhandsamaren tekststilen. i oppgåvepanelet for å få fram stilhandsamaren dersom du vil endre Støttearkvising Støttearkvisinga blir brukt for å setje opp lysbileta for å skrive ut støtteark. Klikk på fana Støtteark i arbeidsområdet og deretter på Eigenskapar i oppgåvepanelet for å visa utforminga av støttearket (9). Her kan du velja om det skal skrivast ut 1, 2, 3, 4, 6 eller 9 lysbilete per side. Dersom oppsettvisinga ikkje er synleg, trykk på knappen for eigenskapar ved sida av oppgåvepanelet. Du kan også bruke denne visinga til å tilpasse informasjonen som skal skrivast ut på støttearket. Sjå kapittel 8, Legge til og formatere lysbilete, notat og støtteark for meir om dette. Kapittel 1 Innleiing til Impress 21

21 Figur 9: Oppsett av støtteark Vel Set inn Sidetal eller Set inn Dato og klokkeslett for å opna dialogvindauget for topptekst og botntekst. Klikk på fana Notat og støtteark (10) og vel dei elementa som skal visast på kvar støtteside. Figur 10: Dialogvindauget for topp- og botntekst fana for notat og støtteark Støttearkvising i versjon 4.3 Støttearkvisinga blir brukt for å setje opp lysbileta for å skrive ut støtteark. Klikk på fana Støtteark i arbeidsområdet for å visa utforminga av støttearket. For å velja kor mange lysbilete som skal skrivast ut på kvar side, vel Fil Skriv ut på hovudmenyen og opna fana Generelt i dialogvindauget for utskriving. I feltet Skriv ut nedst i vindauget vel du Støtteark i nedtrekksmenyen. Like nedanfor kan du velje å skrive ut 1, 2, 3, 4, 6 eller 9 lysbilete på kvar side. Vidare som for versjon LibreOffice 4.2 Impress Guide

22 Sorteringsvising Sorteringsvisinga (11) inneheld ein miniatyr av alle lysbileta i presentasjonen. Du kan bruke denne visinga for å arbeide på ei gruppe lysbilete eller bare på eitt lysbilete. Figur 11: Lysbiletsortering Tilpasse visinga av lysbiletsorteringa Slik kan du endre kor mange lysbilete som skal visast i kvar rad: 1) Klikk på Vis Verktøylinjer Lysbiletsortering og Vis Verktøylinjer Lysbiletvising for å vise eller gøyme dei respektive verktøylinjene (12). 2) Set kor mange lysbilete det skal vere på sida (opp til 15). Figur 12: Verktøylinjene for lysbiletsortering og lysbiletvising Flytte på eit lysbilete ved hjelp av sorteringsvisinga Slik kan du flytte eit lysbilete i presentasjonen ved å bruke lysbiletsorteringa: 1) Klikk på lysbiletet for å markere det (11). 2) Dra og slepp det dit du ønskjer. Markere og flytte grupper med lysbilete Du kan markere ei gruppe av lysbilete ved å bruke ein av desse måtane: Med Ctrl-tasten klikk på det første lysbiletet. Hald nede Ctrl-tasten medan du klikkar på resten av dei ønskte lysbileta. Med Shift-tasten klikk på det første lysbiletet. Hald nede Shift-tasten medan du klikkar på det siste biletet i gruppa. Dette vil merke også lysbileta mellom desse to. Med datamusa klikk på ei av sidene, høgre eller venstre, på det første lysbiletet som skal merkast. Hald nede venstre museknapp og dra markøren til alle lysbileta du vil merka er merkte. Slik kan du flytte ei gruppe av lysbilete: 1) Merk ei gruppe av lysbilete. Kapittel 1 Innleiing til Impress 23

23 2) Dra og slepp gruppa til den nye plasseringa. Slik bruker du lysbiletsorteringsvisinga Du kan arbeide med lysbilete i lysbiletsorteringsvising på same måten som i lysbiletpanelet. For å gjere endringar høgreklikk på eit bilete for å opna sprettoppmenyen med desse vala: Nytt lysbilete legg til eit nytt lysbilete etter det merkte lysbiletet. Lag kopi av lysbiletet lagar ein kopi av det markerte lysbiletet og plasserer kopien like etter det markerte lysbiletet. (sjå «Lage kopi av lysbilete» på side 28). Slett lysbiletet sletter det markerte lysbiletet. Endra namn på lysbilete gi nytt namn til det markerte lysbiletet. Lysbiletopsett blir brukt for å endre utsjånaden til det markerte lysbiletet. Lysbiletovergang blir brukt for å endre overgangen frå det valde lysbiletet til det neste. For eitt lysbilete, marker lysbiletet og legg til ønskt overgang. For fleire lysbilete, marker ei gruppe lysbilete og legg til ønskt overgang. Gøym lysbilete gøymde lysbilete blir ikkje viste i biletvisinga. Klipp ut fjernar det markerte lysbiletet og lagrar det på utklippstavla. Kopier kopierer det valde lysbiletet til utklippstavla utan å fjerne det. Lim inn set inn eit lysbilete frå utklippstavla etter det markerte lysbiletet Slik lagar du ein ny presentasjon Denne bolken viser korleis du kan lage ein ny presentasjon ved hjelp av vegvisaren for presentasjonar. Tips Det første du må gjere er å bestemma kva føremålet er med presentasjonen og planlegge han ut frå det. Sjølv om det er råd å gjere endringar undervegs, vil det spare deg for mykje tid om du har klart føre deg kven som skal sjå presentasjonen, kva innhaldet skal vere, strukturen i presentasjonen og korleis han skal visast. 24 LibreOffice 4.2 Impress Guide

24 Figur 13: Presensjonsvegvisaren. Steg 1 velja presentasjonstype Når du opnar Impress kjem steg 1 av presentasjonsvegvisaren (13) fram. 1) Vel ein av desse under Type: Tom presentasjon lagar nettopp ein tom presentasjon. Frå mal gir deg høve til å lage ein ny presentasjon ut frå ein av dei ferdiglaga malane. Du får fram ei liste over alle tilgjenglege malar som du kan velja frå. Du finn meir om dette i kapittel 2, Using Slide Masters, Styles, and Templates. Opna eksisterande presentasjon blir brukt når du skal arbeide vidare på ein presentasjon. Det vil kome opp ei liste over tidlegare laga presentasjonar som du kan velje frå. 2) Klikk på Neste for å opna steg to i vegvisaren. Dersom du har vald Tom presentasjon i steg 1, vil det sjå ut som i Figure 14. Valde du Frå mal, vil eit eksempellysbilete bli vist i førehandsvisinga. 3) Vel ei utforming i Vel ei lysbiletutforming. Her blir det vist ei liste med ulike presentasjonsbakgrunnar som du kan velje mellom. Dersom du vel å bruke ein anna bakgrunn enn «<Original>», klikk for å velje han. Figure 14 viser valet av ulike bakgrunnar. Når du vel ein bakgrunn blir denne vist i vindauget til høgre. «<Original>» blir brukt på ei blank lysbiletutforming. 4) I Vel eit presentasjonsmedium bestemmer du korleis presentasjonen skal visast. Dei fleste presentasjonane skal visast på dataskjerm, så trykk på Skjerm, som er standardvalet. Du kan endre sideformatet når som helst. Merk Standard skjermside er for ei 4:3 vising (28cm x 21cm). Dette passar ikkje for breiskjermvisingar. Du kan endre dette ved å gå til «Normalvising» og velje Format Side. 5) Klikk på Neste for å gå til steg 3 (15). a) Vel lysbiletovergang frå nedtrekkslista Effekt. Kapittel 1 Innleiing til Impress 25

25 Figure 14: Presensjonsvegvisaren. Steg 2 velja lysbiletutforming og visingsmedium b) Vel kor raskt overgangen skal skje i nedtrekkslista Fart. I dette tilfellet vil Middels vere eit godt val. Figur 15: Presensjonsvegvisaren. Steg 3 velja overgang og presentasjonstype 6) Vel presentasjonstype Standard eller automatisk. Standard-visinga vil vise presentasjonen i fullskjerm med den farten du valde. 26 LibreOffice 4.2 Impress Guide

26 Automatisk vising gir deg høve til å bestemme kor lenge kvart lysbilete skal visast og kor lang tid det skal gå frå visinga er ferdig til ho startar igjen. (Pausetid). 7) Dersom du ikkje valde Frå mal i steg 1, trykk på Opprett for å lagra presentasjonen. Tips Dersom du har lite erfaring med å lage presentasjonar, kan du velje standardverdiane for Effekt og Fart. Du kan endre begge desse verdiane seinare når du arbeider med lysbiletovergangar og animasjonar. Desse er nærare forklarte i kapittel 9 Slide Shows. Merk Dersom du valde Frå mal i steg 1, vil knappen Neste vere aktiv og føre deg til steg 4 og 5. Desse ekstrastega er omtalte nedanfor. 8) Trykk på Neste for å opna vindauget for steg 4 (16). Her kan du skrive inn namnet på den du lagar presentasjonen for, emnet for presentasjonen og idear som du vil legge fram i presentasjonen. 9) Trykk Neste for å opna dialogvindauget for steg 5 (17). Her kan du sjå korleis lysbileta blir sjåande ut. Dersom du ikkje ser biletet, merk av for Førehandsvising. 10) Dersom du vil lage eit samandrag av presentasjonen, merk av for Lag samandrag. Dette vil lage eit nytt lysbilete med ei punktliste med overskriftene frå kvart av lysbileta som kjem etter det merkte lysbiletet. Lysbiletet med samandraget blir sett inn sist i presentasjonen. 11) Trykk Opprett for å laga presentasjonen. Figur 16: Presensjonsvegvisaren. Steg 4 informasjon Kapittel 1 Innleiing til Impress 27

27 Figur 17: Presensjonsvegvisaren. Steg 5 førehandsvising Formatere ein presentasjon Ein ny presentasjon inneheld berre eit tomt lysbilete. I denne bolken skal vi legge til nye lysbilete og tilpasse dei til det ønskte innhaldet. Setje inn lysbilete Nytt lysbilete Du kan setje inn eit nytt lysbilete slik: 1) Gå til Set inn på hovudmenyen og vel Lysbilete. 2) Eller høgreklikk på eit bilete i arbeidsområdet, lysbiletpanelet eller lysbiletsorteringa og vel Lysbilete Nytt lysbilete frå oppsprettmenyen (som kjem fram når du høgreklikkar). Eller klikk på knappen Lysbilete i verktøylinja for presentasjonen. Viss denne verktøylinja ikkje er synleg, gå til Vis Verktøylinjer på hovudmenyen og vel Presentasjon frå lista. 3) Eit nytt lysbilete blir sett inn i presentasjonen etter det markerte lysbiletet. Lage kopi av lysbilete Av og til kan det vere greitt å lage ein kopi av eit ferdig lysbilete i staden for å byrja heilt på nytt igjen. Slik gjer du det: 1) Merk lysbiletet di vil lage kopi av i lysbiletpanelet. 2) Høgreklikk på lysbiletet i lysbiletpanelet eller i arbeidsområdet og vel Lag kopi av lysbilete i sprettoppmenyen. 28 LibreOffice 4.2 Impress Guide

28 Eller gå til lysbiletsortering, høgreklikk på eit lysbilete og vel Lag kopi av lysbilete i sprettoppmenyen. Eller kan du også bruke Set inn på hovudmenyen og velje Lag kopi av lysbilete Eller trykk på trekanten til høgre for lysbiletsymbolet i verktøylinja for presentasjonar og vel Lag kopi av lysbilete på sprettoppmenyen. Dersom verktøylinja for presentasjonar ikkje er synleg, vel Vis Verktøylinjer på hovudmenyen og vel Presentasjonar frå lista. (Fann ikkje denne knappen i versjon 4.3). 3) Det vil i alle tilfella bli sett inn ein kopi av lysbiletet etter det merkte lysbiletet. Velja lysbiletoppsett Trykk på knappen for eigenskapar ved sida av oppgåvepanelet for å opna sida for Utforming (18). Utformingane i Impress går frå eit tomt lysbilete til eit lysbilete med seks innhaldsboksar og ei overskrift. Det første lysbiletet i ein presentasjon er som oftast ei tittellysbilete. Tittellysbiletet (som også inneheld ein plass for ein undertittel) eller utforminga Berre tittel er gode forslag til uforming av det første lysbiletet. For resten av lysbileta vil det til vanleg vere meir bruk for utformingar med tittel og innhaldsboksar. Figur 18: Tilgjengelege lysbiletoppsett Velja utforming Dersom ein går ut frå at det tomme lysbiletet ikkje er vald: 1) Klikk på Klikk for å leggja til tittel og skriv inn teksten. Du kan endre formateringa av tittelen ved å endra stilen for tittelen. Sjå kapittel 2 Using Slide Masters, Styles, and Templates.. 2) Dersom du bruker utforminga Tittellysbilete, klikk på Klikk for å leggja til tekst for å skrive inn ein undertittel. Du kan endre formateringa av undertittelen ved å endra stilen for undertittelen. Sjå kapittel 2 Using Slide Masters, Styles, and Templates. Kapittel 1 Innleiing til Impress 29

29 Merk Tips Tekst og grafiske element kan justerast når som helst i prosessen, men å endre utforminga av eit lysbilete som alt har eit innhald kan føre til dramatiske effektar. Du bør difor tenke nøye gjennom kva utforming du vel å bruke. Om du likevel finn det nødvendig å bytte til ei anna utforming, vil ikkje innhaldet bli borte, men det kan trenge å formaterast på nytt. For å sjå namna på dei innebygde utformingane, hald musepeikaren over visinga i utformingspanelet. Det vil då kome opp ei lita rute med namnet. Dette gjeld forresten for alle knappane på sida, også i verktøylinjene. Figur 19: Velje innhald Endre utforminga Slik vel eller endrar du utforminga: 1) Sett lysbiletet i arbeidsområdet og vel den ønskte utforminga frå området Utforming i oppgåvepanelet (den øvste knappen til høgre). Fleire av utformingane inneheld ein eller fleire innhaldsboksar. Kvar av desse boksane kan innehalde eitt at desse elementa: tekst, film, bilete, diagram eller tabell. 2) Vel innhaldstype ved å klikke på symbolet midt i innhaldsboksen som vist i 19. 3) Dersom boksen skal innehalde bare tekst, klikk på Klikk for å leggja til tekst og skriv inn teksten. Merk Dersom du har vald ei utforming med ein eller fleire innhaldsboksar, er dette tida for å bestemma kva type innhald som skal setjast inn. 30 LibreOffice 4.2 Impress Guide

30 Endra element i lysbiletet Eit lysbilete inneheld element som blei lagt inn i hovudutforminga. Det er lite sannsynleg at den førehandsdefinerte utforminga passar for alle lysbileta i presentasjonen. Som oftast må du fjerne element som ikkje skal vere med, eller legge til for eksempel tekst og bilete. I Impress kan du ikkje laga nye utformingar, men du kan endre storleiken på og flytte utformingselementa. Det er også råd å legge til lysbiletelement utan å vere avgrensa av storleiken og plasseringa av utformingsboksane. For å endra storleiken på ein innhaldsboks, klikker du på omrisset av boksen for å få fram dei 8 handtaka. Sett musepeikaren på eitt av handtaka, hald nede museknappen og dra handtaket dit du ønskjer og slepp museknappen. For å flytte boksen, gjer du det på same måten, men med musepeikaren over omrisset utanom handtaka. Du kan fjerna eit element ved å klikka på det slik at handtaka på omrisset blir synlege. Trykk på Delete-tasten for å fjerne elementet. Merk Endringar i alle førehandsdefinerte utformingar som følgjer med Impress kan bare gjerast når visinga er sett til Vis Normal, som er standardoppsettet. Forsøk på å gjere endringar ved å endra hovudutforminga, noe som er mogleg, kan resultere i uønskte resultat. Endringar i hovudutforminga må gjerast svært forsiktig og krev mykje prøving og feiling. Legga til tekst Dersom lysbiletet inneheld ei tekstramme, legg du til tekst ved å klikke på teksten Klikk for å leggja til tekst og så skrive inn teksten. Disposisjonsstilane blir lagt til teksten automatisk etter kvart som du skriv inn. Du kan endra disposisjonsnivået og plasseringa for kvart avsnitt ved å bruke pilknappane på verktøylinja for tekstformatering (sjå 7 og «Disposisjonsvising» på side 19). Du kan finne meir om handtering av tekst i kapittel 3 Adding and Formatting Text. Legga til objekt For å setja inn bilete eller objekt i eit lysbilete, for eksempel eit bilete, ei teikning, eit foto eller eit rekneark, klikk på Set inn og vel den ønskte typen frå menyen som kjem fram. Du finn meir om dette i desse kapitla: For bilete, sjå kapittel 4 Adding and Formatting Pictures. For grafiske objekt, sjå kapittel 5 Managing Graphic Objects and Chapter 6 Formatting Graphic Objects. For OLE- og andre objekt, sjå kapittel 7 Including Spreadsheets, Charts, and Other Objects. Endre utsjånad på lysbiletet For å endra bakgrunnen og andre element for alle lysbileta i ein presentasjon, må du endra hovudutforminga eller velje ei anna hovudutforming. Ei Hovudutforming er eit lysbilete med eit spesifisert sett med karakteristika som verkar som ein mal og blir brukt som utgangspunkt for å laga andre lysbilete. Karakteristikkane inkluderer bakgrunnen, objekt i bakgrunnen, tekstformatering og bakgrunnsbilete. Kapittel 1 Innleiing til Impress 31

31 Merk LibreOffice bruker i originalversjonen tre alternative termar for omgrepa Master slide, slide master og master page. Alle desse refererer til eit lysbilete som blir brukt for å laga andre lysbilete. I denne rettleiinga er alle desse tre omgrepa omsette med hovudutforming unntatt når det er brukt i omtale av brukargrensesnittet. Impress har innebygd ein del hovudutformingar som du finn i seksjonen Hovudutformingar på oppgåvepanelet. Du kan også laga dine eigne hovudutformingar eller legge til fleire frå andre kjelder. Sjå kapittel 2 Bruke hovudutforming, stilar og malar om korleis du kan endre hovudutformingar. Dersom du bare skal byte ut bakgrunnen, kan du bruke ein snarveg: 1) Vel Format Side og gå til fana Bakgrunn i dialogvindauget Sideoppsett. 2) Vel ønskt bakgrunn i nedtrekksmenyen Fyll. Du kan velje mellom ingen, farge, fargeovergang, skravering og punktbilete. 3) Klikk OK for å legge til bakgrunnen. Det kjem då opp eit vindauge som spør om bakgrunnen skal leggast til alle lysbileta. Svarar du Ja, vil Impress endra hovudutforminga automatisk. Merk Å setje inn og formatere ein bakgrunn er utanom føremålet med dette kapitlet, men du kan finne nødvendig informasjon om dette i kapittel 6 Formatting Graphic Objects og i rettleiinga for Draw, Chapter 4 Changing Object Attributes. Endre lysbiletframvisinga I standardoppsettet vil lysbiletvisinga vise alle lysbileta i den rekkefølgja dei har i lysbiletsorteringa med dei overgangane mellom bileta som er vald i presentasjonsvegvisaren. Biletskiftet blir gjort frå tastaturet eller datamusa. Nå er tida for å sjå gjennom presentasjonen og kanskje svare på noen spørsmål. Køyr presentasjonen minst ein gong (sjå «Vise presentasjonen» på side 33) før du svarar på dei. Kanskje du har fleire spørmål. Er lysbileta i den ønskte rekkefølgja? Dersom ikkje, er det noen som bør fjernast? Er det høveleg avstand mellom informasjonane og er dei godt synlege for dei som sit bakarst i eit stort rom? Kanskje dei ikkje ser informasjonen nedst på sida, så du må bruke bare dei øvre tre firedelene av skjermen. Vil eit bestemt punkt bli klarare om du legg til eit ekstra lysbilete? Er svaret ja, må du lage dette lysbiletet. Er noen av lysbileta unødvendige. I tilfelle, fjern dei. Vil det vere nyttig med tilpassa animasjon på noen av lysbileta? (Avansert teknikk) Bør noen av lysbileta ha ein annan overgang enn resten av presentasjonen? Overgangen for desse lysbileta må i tilfelle endrast. Tips Dersom eitt eller fleire lysbilete ser ut til å vere overflødige kan det vere lurt å gøyme lysbileta og sjå gjennom framvisinga eit par gonger til for å vere sikker på at dei ikkje trengst. Høgreklikk på eit lysbilete i lysbiletpanelet og vel Gøym lysbilete i menyen som kjem fram. Ikkje slett lysbiletet før du er sikker på at det ikkje trengst, elles kan du risikere å måtte laga det på nytt. Når du har svara på desse spørsmåla, og kanskje dine eigen spørsmål i tillegg, gjer dei nødvendige endringane. Dette gjer du lettast i Lysbiletsorteringa (sjå «Feil: Fann ikkje kjelda til 32 LibreOffice 4.2 Impress Guide

32 referansen» på side 23). Bruk menyen Lysbiletframvising for å endra rekkefølgja på lysbileta, velje kva for lysbilete som skal visast og automatisk flytting frå eitt lysbilete til det neste. Du kan enklast endre lysbiletovergangane, animering og andre endringar ved å bruke vala på oppgåvepanelet. Tilpassa animasjonar Det kan nå vere rette tida for å tilpasse animasjon til eit lysbilete. Du finn Tilpassa animasjon i oppgåvepanelet. Dette er ein avansert teknikk som er nærare forklart i kapittel 9 Slide Shows. Lysbiletovergangar Den første lysbiletframvisinga di vil kanskje bruke den same overgangen for alle lysbileta. Innstillinga Gå til neste lysbilete er som standard sett til Ved museklikk. Ønskjer dui staden automatisk biletskifte, merker du av for Automatisk etter og skriv inn kor mange sekund kvart bilete skal visast. Klikk deretter på Bruk på alle lysbileta. Du finn dei ulike vala for overgangar under Lysbiletovergang på oppgåvepanelet. Sjå i kapittel 9, Slide Shows for meir om overgangar. Tips Panelet for lysbiletovergangar har eit svært nyttig val: Automatisk førehandsvising. Når det er kryssa av for dette valet, vil når du endrar valet for overgang, den nye overgangen bli førehandsvist i lysbiletutformingsområdet. Vise presentasjonen 1) For å køyre lysbiletvisinga, gjer du eitt av følgjande: Klikk på Lysbiletframvising Start på første bilete på hovudmenyen. Klikk på knappen (Lysbiletframvising) på menylinja for presentasjon. Trykk F5 eller F9. (F9 verkar ikkje på Mac.) 2) Dersom lysbiletovergangane er sett til Automatisk etter x sekund, vil visinga gå av seg sjølv. 3) Dersom lysbiletovergangane er sett til Ved museklikk, gjer eitt av følgjande for å byte lysbilete: Klikk på museknappen for å byte til neste lysbilete. Bruk piltastane for å gå til neste eller førre lysbilete. Trykk mellomromstasten for å skifte lysbilete. 4) Høgreklikk ein eller annan stad på skjermen for å få opp ein meny der du mellom anna kan flytte rundt i lysbiletframvisinga. 5) Når lysbiletframvisinga er ferdig, kjem meldinga Klikk for å avslutta presentasjonen opp på skjermen. Klikk på skjermen for å gå ut av presentasjonen. 6) Du kan når som helst avslutte presentasjonen ved å trykke på Esc-tasten. Presentasjonskonsollen LibreOffice Impress har ein presentasjonskonsoll som kan brukast når ein ekstra skjerm eller videoprojektor er kopla til datamaskinen. Presentasjonskonsollen (Figure 20) gir deg ekstra kontroll over framvisinga i og med at han viser eit anna bilete på dataskjermen enn det publikum ser på Kapittel 1 Innleiing til Impress 33

33 storskjermen. Visinga på den vanlege dataskjermen viser lysbiletet, det neste biletet, lysbiletnotat og ein tidtakar. Du kan finne meir om bruken av presentasjonskontrollen i kapittel 9 Slide Shows. Presentasjonskonsollen er ikkje tilgjengeleg utan at ein ekstra skjerm er kopla til datamaskinen. Figure 20: Impress Presenter Console 34 LibreOffice 4.2 Impress Guide

34 Kapittel 2 Bruke hovudutforming, stilar og malar

35 Utforming av ein presentasjon I tillegg til ei nøye planlegging av presentasjonen som omtalt i kapittel 1, innføring i Impress, er det også nødvendig å planlegge utsjånaden til presentasjonen. Dette gjer du best etter å ha sett opp ein disposisjon fordi disposisjonen vil vise noen av krava til utsjånad for lysbiletframsyninga. For eksempel: Kva fargekombinasjonar mellom bakgrunn og tekst vil sjå bra ut og vere lette å lese? Vil eit bilete gjere innhaldet lettare å forstå? Ønskjer du at ein bestemt tekst eller eit bestemt bilete skal visast på alle lysbileta? For eksempel eit firmanamn og firmalogo. Vil publikum at lysbileta skal nummererast slik at det er enklare å referere til eitt av dei? Ønskjer du eit bilete, ein fargeovergang eller annan bakgrunn? Dersom svaret er ja, treng du ein bakgrunn som ikkje forstyrrar innhaldet, som for eksempel fargane brukte i diagram. Treng du ei eller fleire hovudutformingar? Vil den same utforminga passe alle lysbileta eller emna? Du kan endre utsjånaden til lysbileta undervegs, men ei god planlegging sparer deg mykje tid. Kva er hovudutformingar? Ei hovudutforming er eit lysbilete som blir brukt som utgangspunkt for andre lysbilete. Det svarer til sidestil i Writer i og med at hovudutforminga styrer den grunnleggjande formateringa av alle lysbileta som er basert på ho. Ei biletframvising kan ha fleire hovudutforminger. Merk LibreOffice bruker i originalversjonen tre alternative termar for omgrepa Master slide, slide master og master page. Alle desse refererer til eit lysbilete som blir brukt for å laga andre lysbilete. I denne rettleiinga er alle desse tre omgrepa omsette med Hovudutforming unntatt når det er brukt i omtale av brukargrensesnittet. Ei hovudutforming har eit definert sett med eigenskapar, inkluderte bakgrunnsfarge, -bilete eller -fargeovergang; objekt (som logoar, dekorative linjer eller annan grafikk) i bakgrunnen; topp- og botntekstar; plassering og storleik på tekstrammer; og tekstformatering. Alle eigenskapane for ei hovudutforming er styrt av stilar. Stilane brukte i lysbileta du lagar blir henta frå hovudutforminga som er grunnlaget for lysbiletet. Stilane brukte i hovudutforminga er altså tilgjengeleg og brukte i alle lysbilete som er laga med denne hovudutforminga. Blir stilen for hovudutforminga endra, blir også alle lysbileta bygde frå denne hovudutforminga endra. Det er likevel råd å endra kvart einskild lysbilete utan å endra hovudutforminga. Merk Sjølv om det blir tilrådd på det varmaste å bruke hovudutforming når det er mogleg, er det tilfelle der individuelle endringar er nødvendige for bestemte lysbilete, for eksempel for å forstørre eit diagram når tekst- og diagramutforming er brukt. Hovudutformingar bruker to typar stilar: presentasjonsstilar og biletstilar. Du kan endra dei innebygde presentasjonsstilane, men du kan ikkje laga nye. Biletstilar kan du både endra og laga nye. Presentasjonsstilar er detaljert omtalte i kapittel 3, Working with Text. Bruken av grafiske stilar er nærare omtalt i kapittel 6, Formatting Graphic Objects. Sjå også «Arbeide med stilar i Impress» på side LibreOffice 4.2 Impress Guide

36 Arbeide med hovudutformingar Impress har ei innebygd samling av hovudutformingar. Desse er viste i hovudutformings-seksjonen av oppgåvepanelet (Figure 21). Denne seksjonen har tre område: Brukt i denne presentasjonen, Nyleg brukt og Tilgjengelege for bruk. Klikk på ekspansjonsmerket (som oftast ein trekant med spissen nedover eller eit pluss-teikn) framføre namnet på området for å utvide det og vise miniatyrar av lysbileta, eller klikk på kollapsmerket (som oftast ein trekant med spissen oppover eller eit minus-teikn) for å gøyma miniatyrane. Kvar av hovudutformingane viste i lista Tilgjengelege for bruk er frå ein mal med det same namnet. Dersom du har laga dine eigne malar, eller kopiert malar frå andre stader, vil også desse vere i denne lista. Sjå «Arbeide med malar» på side 50 for meir om malar. Figure 21: Hovudutformingar i oppgåvepanelet Lage hovudutformingar Du kan lage ei ny hovudutforming på same måten som du endrar standard hovudutforminga. 1) Opna for å redigera ei hovudutforming ved å velje Vis Bakgrunn Hovudutforming for lysbilete på hovudmenyen for å få opp verktøylinja Hovudutformingsvising (22). Kapittel 2 Bruke hovudutforming, stilar og malar 37

37 Dersom verktøylinja ikkje kjem opp, kan du få ho fram via Vis Verktøylinjer på hovudmenyen og velje Hovudutformingsvising. 2) Alternativ: høgreklikk på hovudutforminga du ønskjer å bruke i hovudutformingsseksjonen på oppgåvepanelet og velje Rediger hovudutforming for å opna menylinja for hovudutformingsvising. 3) Klikk på knappen Ny hovudutforming på menylinja hovudutformingsvising. 4) Det kjem opp ei ny hovudutforming i lysbiletpanelet. Dette lysbiletet kan du nå endra etter behov. Figur 22: Verktøylinja for hovudutforming 5) Du bør gi denne hovudutforminga eit nytt namn. Høgreklikk på lysbiletet i lysbiletpanelet og vel Endra namn på lysbiletet. 6) Når du er ferdig med å lage den nye hovudutforminga, klikk på Lukk hovudutformingsvising på menylinja for å gå tilbake til normal redigering. Bruk av hovudutforming Slik bruker du hovudutforming for alle lysbileta i presentasjonen: 1) Trykk på knappen Hovudutforming i oppgåvepanelet for å opna hovudutformingspanelet (Figure 21). 2) For å bruke ei av hovudutformingane på alle lysbileta, høgreklikk på ho frå det tilgjengelege utvalet og vel Bruk på alle lysbilete i menyen som kjem opp. Slik bruker du ei anna hovudutforming for utvalde lysbileta i presentasjonen: 1) Trykk på knappen Hovudutforming i oppgåvepanelet for å opna hovudutformingspanelet (Figure 21). 2) Merk lysbiletet eller lysbiletasom du vil bruke denne hovudutforminga på i lysbiletpanelet. 3) Høgreklikk på den valde hovudutforminga i oppgåvepanelet og vel Bruk på valde lysbilete i menyen som kjem opp. Lasta inn tilleggshovudutformingar Av og til kan du i det same settet av lysbilete ha bruk for fleire fleire hovudutformingar som kan høyre til ulike malar. (Bruk av malar er forklart i «Arbeide med malar» på side 50). For eksempel kan du ha bruk for ei heilt spesiell utforming for det første lysbiletet i presentasjonen, eller du ønskjer å bruke eit lysbilete frå ein annan presentasjon i den gjeldande presentasjonen. 1) Vel Format Lysbiletutforming på hovudmenyen eller høgreklikk på eit lysbilete i lysbiletpanelet og klikk på Lysbiletutforming å opna dialogvindauget for lysbiletutforming (23). Dette dialogvindauget viser hovudutformingane som er tilgjengelege. 2) Du kan laste inn fleire hovudutformingar ved å trykke på knappen Last inn for å opna vindauget Last inn lysbiletutformingar (Figure 24). 3) Vel i dialogvindauget Last inn lysbiletutformingar malen som du vil bruke og klikk OK. 4) Klikk OK igjen for å lukke vindauget med lysbiletutforminga. 38 LibreOffice 4.2 Impress Guide

38 5) Hovudutforminga i malen du valde blir nå vist i seksjonen Tilgjengelege for bruk på sida for hovudutformingar. Merk Hovudutforminga du har lasta inn vil også vere tilgjengeleg neste gong du opnar presentasjonen. Ønskjer du å fjerne ubrukte ovudutformingar, klikk på den tilsvarande avkryssingsboksen i vindauget Lysbiletutforming. Dersom hovudutforminga ikkje er brukt i presentasjonen, vil ho bli fjerna frå lista over tilgjengelege utformingar. Figur 23: Dialogvindauget for lysbiletutforming Figure 24: Dialogvindauget «Last inn lysbiletutformingar» Kapittel 2 Bruke hovudutforming, stilar og malar 39

39 Tips Bruk så få hovudutformingar som råd er for å minska storleiken på presentasjonsfila. Endra hovudutformingar Desse elementa kan endrast i ei hovudutforming: Bakgrunn (farge, fargeovergang, skravering, bilete) Bakgrunnsobjekt (for eksempel logo eller dekorativ grafikk) Tekstatributt for hovudtekstområdet og notat Storleik, plassering og innhald i topp- og botntekstar som skal vere med i alle lysbileta Storleik og plassering av rammer for overskrifter og innhald Slik markerer du hovudutforminga for å gjere endringar: 1) Vel Vis Bakgrunn Hovudutforming for lysbilete på hovudmenyen. Dette låser opp eigenskapane til hovudutforminga. 2) Vel ei hovudutforming i oppgåvepanelet. Figur 25: Eksempel på vising av hovudutforming 3) Høgreklikk på arbeidsområdet til den valde hovudutforminga slik at du kan redigere utforminga (25). 4) Merk eit objekt i hovudutforminga, høgreklikk på dette og gjer dei ønskte endringane ut frå vala i sprettoppmenyen. Når du vel ei av oppføringane i sprettoppmenyen kjem det opp eit dialogvindauge der du kan gjere dei ønskte endringane på det merkte objektet. 40 LibreOffice 4.2 Impress Guide

40 5) Klikk på Lukk hovudutformingsvising på verktøylinja for hovudutforming eller vel Vis Normal på hovudmenyen for å gå ut av redigeringa. 6) Lagra presentasjonen før du går vidare. Merk Alle endringane som blir gjort på eit lysbilete når du arbeider i modus for hovudutformingsvising blir overførte til alle lysbileta som bruker denne hovudutfprminga. Sjå alltid etter at du luker hovudutformingsvisinga og går tilbake til normalvisinga før du arbeider vidare på lysbileta. Endringar som er gjort på eit lysbilete i normalvisinga (for eksempel endringar i listestil, farge på overskriftsområdet og så vidare), vil ikkje bli overstyrte av seinare endringar i hovudutforminga. Skulle det vere ønskjeleg å heller bruke stilen frå hovudutforminga i eit manuelt endra lysbilete, kan dette også gjerast. Merk elementet og vel Format Standardformatering frå hovudmenyen eller høgreklikk på eit objekt og vel Standard frå sprettoppmenyen. Av og til kan det hende det er ønskjeleg med ei anna utforming av lysbiletet, avhengig av innhaldet. Overskrifts- og tekstboksane vil arva innstillingane frå hovudutforminga, men dersom du har endra plasseringa av desse boksane i hovudutforminga, kan det hende du må plassere dei manuelt på nytt i lysbiletet. Velje og bruke bakgrunnar I Impress kan du bruke bakgrunnar i fleire av elementa, så som på sida, eit standard tekstfelt, eit grafisk objekt osv. Rettleiinga nedanfor viser korleis du legg ein bakgrunn til ei side, men framgangsmåten er den same for å legge til bakgrunn i andre element. Figur 26: Vala for bakgrunn i dialogvindauget for sideoppsett 1) Vel Format Side på hovudmenyen eller høgreklikk på sida og vel Lysbilete Sideoppsett på menyen som kjem fram for å opna dialogvindauget for sideoppsett. 2) Vel fana Bakgrunn og fylltype frå nedtrekkslista (27). Kva val som er tilgjengelege i lista er avhengig av kva fylltype som er vald. 3) Andre måtar å opna stilhandsamaren (28) på er å velja Format Stilhandsamar på hovudmenyen eller trykke F11 eller trykke på knappen Stilhandsamar på verktøylinja for linje og fyll. Endeleg kan du også trykke på knappen Stilhandsamar i oppgåvepanelet. Kapittel 2 Bruke hovudutforming, stilar og malar 41

41 4) Vel symbolet for presentasjonsstilar og høgreklikk på Bakgrunn og vel Rediger frå menyen som kjem opp. Dette opnar dialogvindauget for bakgrunn, som har ei fane (Område) og har dei same vala som fana Bakgrunn i sideoppsettet. 5) Vel fylltypen som skal brukast på bakgrunnen frå nedtrekksmenyen: ingen, farge, fargeovergang, skravering og punktbilete. Det kjem opp ei liste med vala for den valde fylltypen. 27 Vise dei tilgjengelege vala når du vel eit bilete som bakgrunn. 6) Merk av eitt av vala og trykk OK. Valet blir nå lagt inn i hovudutforminga og erstattar eventuelt tidlegare vald fyll. Tips Du kan legge til eigendefinerte val for kvar av bakgrunnstypane. Når du har laga ein ny fylltype, vil denne bli lista i dialogvindauget for bakgrunn saman med dei innebygde fylltypane. Sjå kapittel 6 Formatting Graphic Objects for meir om dette. Figur 27: Velja eit punktbilete som bakgrunn i dialogvindauget for bakgrunn Legga til biletobjekt Når du ønskjer å bruke det same biletet på alle lysbileta i presentasjonen, gjer du dette enklast ved å bruke hovudutforminga. Det sparar tid når du lagar presentasjonen og det er enkelt å byte bilete eller flytta på det i alle lysbileta. Bruker du ikkje hovudutforminga, må du gjere endringane manuelt for kvart lysbilete. LibreOffice har støtte for mange ulike biletformat. 42 LibreOffice 4.2 Impress Guide

42 For eksempel så er det svært vanleg å legge eit bilete inn i hovudutforminga. Viss biletet er tilgjengeleg på datamaskinen, gjer du dette slik: 1) Vel Vis Bakgrunn Hovudutforming for bilete på hovudmenyen for å opna visinga av hovudutforminga. 2) Merk hovudutforminga du vil legge biletet inn i. 3) Vel Set inn Bilete Frå fil på hovudmenyen for å opna filvisaren. 4) Finn fram til biletet du vil bruke og merk det. Ønskjer du å sjå ein miniatyr av biletet, merk av for Førehandsvis i filvisaren. 5) Klikk på Opna og biletet blir sett inn i lysbiletet. Når biletet er lagt inn i lysbiletet, må du flytte det til bakgrunnen slik at all informasjon du legg inn i lysbiletet kjem framføre bakgrunnsbiletet. Dette gjer du slik: 1) Merk biletet, høgreklikk på det og vel Still opp Flytt bakarst på sprettoppmenyen. 2) Du må nokså sikkert også flytte på biletet og eventuelt endra storleiken på det. Sjå meir om dette i kapittel 4, Adding and Formatting Pictures. Utanom bilete, kan du legge til mange andre objekt som for eksempel dekorative strekar, tekst og figurar. Merk I LibreOffice kan du setje inn eit bilete som ei lenke til biletfila i staden for å legge biletet inn i dokumentet. Dette kan vere nyttig når presentasjonen ikkje skal visast på andre datamaskiner, for eksempel at han blir laga på ein berbar datamaskin som også blir brukt for å vise presentasjonen. Dersom presentasjonen skal visast på andre datamaskiner, må biletfilene byggast inn i dokumentet for å unngå at det i staden for eit bilete blir vist ei melding om at biletet ikkje finst. Tips Dersom du vil at biletet skal blandast med bagkrunnen, set du bakgrunnsfargen til gjennomsiktig. Merk biletet og vel Verktøy Fargebytar på hovudmenyen. Klikk på pipetta i dialogvindauget og flytt markøren til den fargen som du vil skal bli gjennomsiktig Figur 28: Presentasjonsstilar og klikk på denne. Fargen blir lagt inn i boksen like etter pipetta. Sjå etter at Byt ut med er sett til Gjennomsiktig og trykk på knappen Byt ut. Tips Ein enkel måte å gjere biletet lysare på for at teksten blir lettare å lese, er å gjere biletet meir gjennomsiktig eller å endre gamma for biletet. Dette gjer du enkelt frå verktøylinja for bilete. Stilar for hovudutforminga Innføre hovudutforminga kan du definere eit fullstendig sett med stilar for standardvisinga av tekst og grafiske objekt som blir sette inn i lysbiletet som bruker denne bakgrunnen. Dersom hovudutforminga for eksempel har ein mørk bakgrunn, kan det vere føremålstenleg å setje skriftfargane nokså lyse. I staden for å setje skriftfargen for kvart lysbilete, noe som både tar tid og lett kan føre til feil, kan du setje skriftfargen for overskrifter og tekst i hovudutforminga. Endringar Kapittel 2 Bruke hovudutforming, stilar og malar 43

43 som blir gjort i ei hovudutforming gjeld bare for lysbilete laga med denne bestemte hovudutforminga. Stilane i Impress er delte i to hovudkategoriar: Presentasjonsstilar og Biletstilar. Figure 29: Biletstilar For å arbeide med stilar for hovudutforminga, trykk F11 eller vel Format Stilhandsamar på hovudmenyen, eller klikk på symbolet for stilhandsamaren på verktøylinja for linjer og fyll for å opna stilhandsamaren. (28 på side 43 for presentasjonsstilar og Figure 29 for biletstilar). Du kan også opna stilhandsamaren ved å trykke på symbolet for stilhandsamaren oppgåvepanelet. på Presentasjonsstilar Presentasjonsstilane (28) påverkar tre element i ei hovudutforming, nemleg bakgrunnen, bakgrunnsobjekt (som t.d. ikon, dekorative linjer og tekstrammer) og teksten på lysbiletet. Tekststilane blir delt vidare i Notat, Disposisjon 1 til Disposisjon 9, Overskrifter og undertitlar. Disposisjonsstilane blir brukte for dei ulike nivåa i dei disposisjonane dei høyrer heime i. For eksempel så blir disposisjon 2 brukt for underpunkta i disposisjon 1 og disposisjon 3 for underpunkta i disposisjon 2. Du kan endre presentasjonsstilane men du kan ikkje lage nye. Biletstilar Biletstilar (Figure 29) blir brukte på linjer, former og tekstboksar som er laga med teikneverktøya i Impress og definerer formateringa for desse objekta. Du kan endre eksisterande stilar eller lage dine eigne. Merk At det finst tekst- og overskriftsstilar både i presentasjonsstilane og biletstilane kan kanskje vere litt forvirrande. Dobbeltoppføringa kjem av at Impress bruker spesielle tekstboksar når strukturert tekst skal leggjast inn i lysbilete som er baserte på presentasjonsstilane (autoutformingsboksar), medan biletstilane kan bruke kva tekstboksar som helst eller tekst kopla til former eller linjer. 44 LibreOffice 4.2 Impress Guide

44 Tips Nedst i stilhandsamaren er det ein nedtrekksmeny der du kan velje om du vil sjå ei Hierarkisk liste, Alle stilar, Gøymde stilar, Tillagte stilar eller Tilpassa stilar i dialogvindauget. Endre standard tekstområde Når ei hovudutforming er opna for redigering, inneheld ho fem område viste i 25 på side 40. Overskriftområdet for autoutformingar Objektområdet for autoutformingar Datoområdet Botntekstområdet Lysbiletnummerområdet Plassering og storleik Klikk med den venstre musebrytaren på eitt av desse områda for å få fram utvalshandtaka rundt rektangelet. Bruk desse handtaka for å endre storleiken og plasseringa av området. Flytt markøren til ein av kantane utanom handtaka og klikk med den venstre museknappen for å flytte området. Markørern endrar utsjånad, som oftast til ei knytta hand, men dette er avhengig av oppsettet for datamaskinen. Du endrar forma og storleiken for eitt av desse områda ved å bruke handtaka. Handtaka i hjørna endrar høgde og breidde, medan sidehandtaka endrar bare ein dimensjon om gongen. Som oftast vil markøren endra utsjånad for å vise korleis forma på området vil bli endra. Treng du ei meir nøyaktig kontroll over storleiken og forma på det gjeldande området, er det betre å bruke dialogvindauget Posisjon og storleik enn datamusa. 1) Merk det rektangulære området ved å klikke på kanten av det. 2) Trykk F4 eller gå til Format Posisjon og storleik på hovudmenyen eller høgreklikk på kanten og vel Posisjon og storleik for å opna sprettoppmenyen (30). 3) Du kan oppnå det same ved å trykke på knappen for eigenskapar og velja Posisjon storleik. Merk på oppgåvepanelet Når du klikkar på Fleire val på underseksjonen Posisjon og storleik på sidestolpen blir dialogvindauget for posisjon og storleik opna. Kapittel 2 Bruke hovudutforming, stilar og malar 45

45 Figur 30: Dialogvindauget for posisjon og storleik Funksjonane for dette dialogvindauget er omtalt i handboka for Draw, så her blir det bare ein kort omtale av dei viktigaste felta som er omtalte i dette kapitlet. Bruk Plassering for å bestemma X- (vassrett) og Y-posisjonen (loddrett) for det rektangulære området. Avstanden blir målt frå det oppgjevne basispunktet. Standard basispunkt er det øvre, venstre hjørnet i lysbiletet. Bruk Storleik for å bestemma breidde og høgde for det rektangulære området. Utgangspunktet er det oppgjevne basispunktet. Vel eit punkt i visinga av Basispunkt som ikkje skal flyttast på når du endrar storleik. Standard basispunkt er det øvre, venstre hjørnet av området. Bruk fana Rotering for å rotere det gjeldande tekstområdet. Du kan for eksempel plassera botntekstområdet på sida i lysbiletet ved å rotere det 90 for å laga ei meir moderne utforming. Som oftast er det best å bruke rette vinklar for å lette redigeringa, men programmet lar deg bruke kva vinkel som helst. Bakgrunn, kant, oppstilling og justering Utanom å endra form, storleik og plassering, er det også mogleg å endra andre utsjånader på dei redigerbare områda i hovudutforminga. Du kan såleis endra bakgrunn, kantar, justering i høve til lysbiletet og plasseringa i høve til andre objekt. For å endra bakgrunnen for eit objekt, vel Format Område på hovudmenyen eller høgreklikk på objektet og vel Område på sprettoppmenyen. Dette vil opna dialogvindauget for område der du kan endra fylltypen bruk på objektbakgrunnar. Du kan gjera det same 46 LibreOffice 4.2 Impress Guide

46 ved å trykke på knappen for eigenskapar på oppgåvepanelet og velja Område. Sjå meir om dette i kapittel 6, Formatting Graphic Objects. To edit the borders of an object, go to Format > Line on the main menu bar, or right-click on the object and select Line from the context menu. This opens the Line dialog where you can change the type and color of the line used for object borders. Alternatively, click on the Properties icon on the Sidebar and open the Line subsection. See Chapter 6 Formatting Graphic Objects for more information. To change the alignment of an object on a slide or the alignment between two or more objects, right-click on the object and select Alignment then the type of alignment from the context menu, or click on the small triangle to the right of the Alignment icon on the Line and Filling toolbar and select the type of alignment from the options available. See Chapter 5 Managing Graphic Objects for more information. To arrange the position of an object on a slide in relation to other objects on a slide, rightclick on the object and select Arrange then the object position from the context menu, or click on the small triangle to the right of the Arrange icon on the Line and Filling toolbar and select the object position from the options available. See Chapter 5 Managing Graphic Objects for more information. Legge inn tekst og felt i alle lysbileta Når du har behov for å legge inn informasjon som skal visast på alle lysbileta, gjer du dette enklast ved å legga til teksten og felta i hovudutforminga. Dette kan for eksempel vere tittelen på presentasjonen, firmalogo, dato og lysbiletnummer. Tekst Tekstobjekt kan plasserast kvar som helst på hovudlydbiletet og blir synleg på alle lysbileta. Du kan også legge tekstobjekt i botnteksten dersom du ikkje skal bruke standardfelta der. 1) Vel Vis Bakgrunn Hovudutforming for lysblete i hovudmenyen for å opna vindauget for hovudutformingar. 2) Trykk på tekstsymbolet på verktøylinja for teikning eller trykk på F2. 3) Klikk ein gong på hovudutformingssida og dra ut for å teikna tekstobjektet. Skriv eller lim inn teksten i tekstobjektet. 4) For å legga inn tekst i botnteksten, klikk i eitt av botntekstområda og merk tekstfeltet. Skriv eller lim inn teksten i botntekstområdet. 5) Dersom du ønskjer å formatere teksten etter at han er lagt inn i hovudutforminga, sjå kapittel 3, Adding and Formatting Text for meir om dette. 6) Klikk på Lukk hovudutformingsvising på verktøylinja for hovudutforming eller vel Vis Normal når du er ferdig. Standardfelt i botntekstområdet Som standard er botntekstområdet i Impress delt i tre delar der kvar del inneheld eit standardfelt som vist her: Venstre del dato og klokkeslett. Feltnamnet er <dato/klokkeslett>. Midtdelen botnteksten. Dette kan for eksempel vere tittelen på presentasjonen, filnamn osv. Feltnamnet er <botntekst>. Høgre del lysbilet- (side-)nummer. Feltnamnet er <nummer>. Kapittel 2 Bruke hovudutforming, stilar og malar 47

47 Figur 31: Dialogvindauget for botntekstar Standardfelta i botntekstområdet blir sett opp slik: 1) Vel Vis Bakgrunn Hovudutforming for lysbilete i hovudmenyen for å opna vindauget for hovudutformingar. 2) Vel Set inn Sidetal eller Dato og klokkeslett for å opna dialogvindauget for botntekstar (31) og sjå etter at fana Lysbilete er vald. 3) Ønskjer du fast dato og klokkeslett i den venstre delen av botntekstområdet, merk av for Fast og skriv inn den ønskte datoen. 4) Vil du ha variabel dato og klokkeslett i den venstre delen av botntekstområdet, merk av for Variabel og vel format og språk frå nedtrekkslistene. At datoen er variabel betyr at dato og klokkeslett blir oppdatert kvar gong fila blir opna. 5) Du legg inn tekst i botnteksten ved å merke av for Botntekst og så skrive inn teksten i tekstboksen. 6) For å vise lysbiletnummeret, er det nok å krysse av for Lysbilete nummer. 7) Det første lysbiletet er som oftast tittellysbiletet. Til vanleg blir ikkje botnteksten vist på dette lysbiletet. Merk av for Ikkje vis på første lysbilete dersom botnteksten ikkje skal vu\isast der. 8) Klikk på Bruk på alle for å lukke vindauget. 9) Sjå kapittel 3, Adding and Formatting Text om korleis du kan formatere teksten brukt i standardfelta. 10) Klikk på Hovudutformingsvising på menylinja for hovudutforming eller vel Vis Normal på hovudmenyen når du er ferdig. 48 LibreOffice 4.2 Impress Guide

48 Merk Standardfelta i botnteksten kan bli bytt ut med tekst- eller manuelle felt. Sjå meir om dette i «Tekst» på side 47 og «Manuelle felt» på side 49. Du kan også formatere, endra storleik og plasssering på desse standarddelane. Du finn meir om dette under «Endre standard tekstområde» på side 45. Manuelle felt Manuelle felt som for eksempel dato eller side- lysbiletnummer kan leggast til i hovudutforminga som tekstobjekt for å erstatte eitt av dei standard botntekstfelta. Du kan bruke desse felta i Impress: Dato (fast) Dato (variabwl): blir automatisk oppdatert når fila blir lasta inn. Klokkeslett (fast). Klokkeslett (variabel): blir automatisk oppdatert når fila blir lasta inn. Forfattar: fornamn og etternamn lista i brukardataane for LibreOffice. Sidenummer (lysbiletnummer) Filnamn Slik legg du inn eit felt i hovudutforminga: 1) Vel Vis Bakgrunn Hovudutforming for lysblete i hovudmenyen for å opna vindauget for hovudutformingar. 2) Klikk kvar som helst i hovudutforminga. 3) Vel Set inn Felt i hovudmenyen og vel det ønskte feltet frå undermenyen. 4) Som standard blir feltet sett inn i midten av hovudutforminga. Flytt eventuelt tekstboksen for feltet dit du ønskjer. 5) Sjå kapittel 3 Adding and Formatting Text om korleis du kan formatere teksten 6) Klikk på Hovudutformingsvising på menylinja for hovudutforming eller vel Vis Normal på hovudmenyen når du er ferdig. Slik bytter du ut eit standardfelt i botnteksten for hovudutforminga: 1) Vel Vis Bakgrunn Hovudutforming for lysblete i hovudmenyen for å opna vindauget for hovudutformingar. 2) Merk alle teikna som du vil skifte ut i standardfeltet. 3) Vel Set inn Felt i hovudmenyen og vel det ønskte feltet frå undermenyen. 4) Sjå kapittel 3 Adding and Formatting Text om korleis du kan formatere teksten i feltet. 5) Klikk på Hovudutformingsvising på menylinja for hovudutforming eller vel Vis Normal på hovudmenyen når du er ferdig. Tips Du kan endra nummerformatet (1,2,3 or a,b,c eller i,ii,iii, osv.) for sidenummerfeltet frå Format Side på hovudmenyen og velje format i området Utformingsinnstillingar. For å endra forfattarinformasjonen, vel Verktøy Innstillingar LibreOffice Brukardata på hovudmenyen. Kapittel 2 Bruke hovudutforming, stilar og malar 49

49 Arbeide med stilar i Impress Viss du har arbeidd med stilar i Writer, vil du finne mykje som er likt, men også ein del som er forskjellig i Impress. Presentasjonsstilane i Impress er mykje dei same som avsnittsstilar i Writer og blir brukte på ein liknande måte. Du kan ikkje lage nye presentasjonsstilar, men du kan endre dei eksisterande etter behov. Merk at på same måten som overskriftsstilane i Writer, er disposisjonsstilane i Impress hierarkisk lenka slik at ei forandring i disposisjon 1 vil automatisk også bli gjort i det etterfølgjande disposisjonane. Også biletstilane i Impress er svært nyttige. Dei definerer karakteristikkane for eit grafiske objekt, som også inkluderer eit tekstobjekt. Kan hende du for eksempel ønskjer å lage eit diagram i eit organisasjonskart i eitt av lysbileta i presentasjonen, og vil at alle objekta skal ha ein einsarta utsjånad, som linjestil, skrifttype, skygger osv. Den enklaste måten å oppnå dette på med minimum arbeid er å laga ein biletstil for objektet og bruke denne på kvart objekt. Den største fordelen er at dersom du bestemmer deg for å endra for eksempel bakgrunnsfargen for objekta, treng du bare å endra stilen i staden for å endra kvart objekt. Presentasjonsstilar er grundig forklarte i kapittel 3 Working with Text og biletstilar i kapittel 6 Formatting Graphic Objects. Du kan også finne meir informasjon om stilar i Getting Started Guide Chapter 3 Using Styles and Templates. Arbeide med malar Ein mal er ein dokumentmodell som blir brukt for å laga andre dokument. Du kan for eksempel laga ein mal for firmapresentasjonar med logoen til firmaet på den første sida. Nye presentasjonar som bruker denne malen vil då alltid ha denne logoen på første sida. Malane kan innehalde alt som kan leggjast inn i vanlege dokument, som tekst, bilete, eit sett med stilar og brukardefinerte oppsett som definerer måleeiningar, språk, standardskrivaren og tilpassingar av verktøylinjer og menyar. Alle dokument som blir laga med LibreOffice er baserte på malar. Du kan laga malar for kva dokumenttype som helst, anten det er tekst, rekneark, teikningar eller presentasjonar. Dersom du ikkje spesifiserer ein mal når du lager eit nytt dokument, vil dokumentet bruke standardmalen for den dokumenttypen du lagar. LibreOffice bruker den tomme malen som er installert med LibreOffice for den typen dokument. Du kan sjølv bestemme kva som skal vere standardmal. Sjå meir om dette i «Setje standardmal» på side 52. Impress skil seg likevel litt ut frå dei andre komponentane i LibreOffice i og med at det opnar med presentasjonsvegvisaren dersom du ikkje har slått dette valet av. Når du vel Fil Ny Presentasjon frå menylinja, vil vegvisaren bli opna med fleire val for nye presentasjonar. Eitt av desse vala er Frå mal. Dersom presentasjonsvegvisaren er slått av, vil LibreOffice bruke standard presentasjonsstil når du opnar for å lage ein ny presentasjon frå Fil Ny Presentasjon. Dersom du ikkje har definert ein ny standardmal, vil LibreOffice bruke den tomme malen som er levert med Impress. Alle hovudutformingar som du har laga frå ein mal blir viste i Tilgjengelege for bruk i hovudutformingsdelen i oppgåvepanelet. Du kan finne meir om malar i Getting Started Guide Chapter 3 Using Styles and Templates.. Malar leverte med LibreOffice Impress kjem med eit sett med førehandsdefinerte malar. Desse finn du i mappa Presentasjonsbakgrunnar. Desse malane inneheld bare bakgrunnar og bakgrunnsobjekt slik at du skal få eit utgangspunkt for å lage dine eigne malar. Alle malane som du lagar sjølv blir lagra i mappa Mine malar når du lagrar som mal. 50 LibreOffice 4.2 Impress Guide

50 Slik lagar du ein ny presentasjon frå ein presentasjonsmal: 1) Klikk på Malar i oppstartvindauget for LibreOffice eller vel Fil Ny Malar på hovudmenyen for å opna dialogvindauget for malhandering (32). 2) Klikk på fana Presentasjonar for å opna sida som inneheld alle malane som er tilgjengelege i Impress. 3) Finn fram til mappa som inneheld den ønskte samlinga av malar. 4) Vel malen du vil bruke. 5) Klikk på knappen Opna på verktøylinja for malhandtering eller dobbeltklikk på malen for å laga ein ny presentasjon på grunnlag av den valde malen. Figur 32: Dialogvindauget for malhandtering Malar frå andre kjelder Du kan laste ned malar frå mange ulike kjelder, inkludert den offisielle nettsida og installere dei på datamaskinen. Andre stader kan du finne malsamlingar som er laga i ope dokumentformat (.OTP-filer) som Impress bruker som standard. Installeringa av desse ved hjelp av utvidingshandteraren, er forklart i «Importere malsamlingar» på side 56. Noen av desse malane er gratis, andre må du betale litt for. Sjå omtalen for å sjå kva lisens dei bruker. Sjå «Importere malar» på side 55 korleis du kan importere einskildmalar. Sjå «Importere malsamlingar» på side 56 korleis du kan importere samlingar av malar. Kapittel 2 Bruke hovudutforming, stilar og malar 51

51 Slik lagar du dine eigne malar Slik lagar du ein mal frå ein presentasjon og lagrar han i mappa Mine malar: 1) Opna presentasjonen som skal brukast som mal eller opna ein mal som du vil bruke som utgangspunkt for malen din. 2) Legg eventuelt til ekstra innhald og stilar. 3) Vel Fil Malar Lagra som mal i hovudmenyen for å opna dialogvindauget for malhandtering (33). 4) Opna mappa Mine malar eller ei anna mappe du bruker for å lagra malane for å aktivere knappen for lagring. Klikk på denne knappen. 5) Skriv inn eit namn for den nye malen i feltet Skriv inn namnet på malen. 6) Klikk OK for å lagra malen i mappa den valde mappa. 7) Lukk dialogvindauget for malhandtering. 8) Følj prosedyren i «Malar leverte med LibreOffice» på side 50 for å bruke malen i ein ny presentasjon og vel den nye malen din. Figur 33: Lagra ein ny mal frå dialogvindauget for malhandtering Setje standardmal Dersom du lagar ein presentasjon frå Fil Ny Presentasjon på hovudmenyen og ikkje vel ein mal, vil LibreOffice bruke standardmalen i Impress som mønster for presentasjonen. I utgangspunktet er denne standardmalen tom. Ønskjer du ein annan mal som standard, kan dette gjerast dersom den ønskte malen er å finne i ei av mappene som blir viste i dialogen for malhandtering. Du kan når som helst gå tilbake til den tomme malen om det er ønskjeleg. Setje ein tilpassa mal som standard Slik set du ein mal du har laga eller importert som standard i staden for den tomme malen som Impress normalt bruker: 1) Klikk på Malar i oppstartvindauget til LibreOffice eller vel Fil Ny Malar for å opna dialogvindauget for malhandteraren og vel fana Presentasjonar (32 på side 51). 2) Dobbeltklikk på mappa Mine malar eller ei anna mappe som inneheld malen du vil bruke. Dette opnar mappa. 52 LibreOffice 4.2 Impress Guide

52 3) Vel malen du vil bruke som standard. 4) Klikk på knappen Set som standard og den valde malen er nå standardmal. Neste gong du lagar ein ny presentasjon i Impress, vil presentasjonen bli laga med denne malen. Merk Som standard vil presentasjonsvegvisaren bruke Frå mal dersom standardmalen er endra. Dersom du vel Tom presentasjon i presentasjonsvegvisaren og deretter trykker på Opprett, vil det bli laga ein tom presentasjon utan å bruke standardmalen. Tilbakestille standard mal Slik set du standardmalen tilbake til den tomme malen som Impress i utgangspunktet bruker: 1) Klikk på Malar i oppstartvindauget til LibreOffice eller vel Fil Ny Malar for å opna dialogvindauget for malhandteraren. 2) Trykk på knappen Handlingsmenyen og vel Nullstill standardmalen frå nedtrekksmenyen (34). Denne knappen finst ikkje utan at standardmalen tidlegare er sett til ein annan mal enn den tomme malen. 3) Vel Presentasjon frå nedtrekkslista for å tilbakestille standardmalen. Dersom standardmalen for andre modular i LibreOffice også er endra, vil også desse modulane finnast i nedtrekkslista. 4) Neste gong du lagar ein ny presentasjon vil han bli laga med den tomme malen som mønster. Figur 34: Tilbakestilling av standardmal Redigere ein mal Du kan redigere stilane og innhaldet i malane og deretter legge dei til på nytt i presentasjonar som bruker den bestemte malen. Merk Du kan bare legge til stilar på nytt, ikkje innhaldet. Redigere 1) Klikk på Malar i oppstartvindauget til LibreOffice eller vel Fil Ny Malar for å opna dialogvindauget for malhandteraren (32 på side 51). Kapittel 2 Bruke hovudutforming, stilar og malar 53

53 2) Finn fram til malen som du vil endra og klikk ein gong på han for å få opp filhandteringskontrollane 3) Klikk på knappen for redigering for å opna malen i Impress. Rediger malen på same måten som for andre presentasjonar. 4) Lagra endringane med Fil Lagra på hovudmenyen. Oppdatering av eit dokument frå ein endra mal Neste gong du opnar ein presentasjon som er laga med ein mal som i mellomtida er endra, kjem denne meldinga fram (35). Klikk på Oppdater stilar for å bruke dei nye stilane i malen. Ønskjer du å halde fram med dei gamle stilane, trykker du Hald fram med gamle stilar. Når du trykker på ein av knappane, vil meldinga forsvinne og presentasjonen blir opna i Impress med dei stilane du valde å bruke. Figur 35. Melding om oppdaterte stilar Merk Dersom du vel Hald fram med gamle stilar i meldingsboksen vist i 35, vil denne meldinga ikkje kome fram neste gong du opnar dokumentet etter at malen er endra. Du får ikkje fleire sjansar til å oppdetere stilane frå denne malen. Organisering av malane LibreOffice kan bare bruke malar som er lagra i malmappene til LibreOffice. Du kan laga nye malmapper og bruke desse for å halde orden på malane dine. Du kan for eksempel ha ulike mapper for ulike føremål eller prosjekt. Du kan også importere malar. Tips Kvar LibreOffice plasserer malmappene er avhengig av operativsystemet brukt i datamaskinen. For å sjå kvar mappene er lagra, kan du gå inn på Verktøy Innstillingar LibreOffice Stiar. Lage ei malmappe Slik lager du ei malmappe : 1) Vel Fil Ny Malar på hovudmenyen for å opne dialogvindauget for malhandtering. 2) Klikk på fana Presentasjonar for å opne dialogvindauget for presentasjonar (32 på side 51). 3) Klikk på knappen Ny mappe og skriv inn eit namn på den nye mappa i vindauget som kjem opp. Trykk deretter OK. 4) Du kan også klikke på malen du ønskjer å flytte til ei anna mappe for å få opp kontrollelementa for filhandtering. 54 LibreOffice 4.2 Impress Guide

54 5) Klikk på knappen Flytt til mappe og vel Ny mappe frå nedtrekkslista. 6) skriv inn eit namn på den nye mappa i vindauget som kjem opp. Trykk deretter OK. Den valde malen blir då flytt til den nye mappa du nettopp laga. Slette ei malmappe Du kan ikkje slette malmappene som blir leverte med LibreOffice eller som er installerte med utvidingshandteraren. Det er bare råd å slette mapper som du har laga sjølv. Slik kan du slette ei malmappe som du har laga sjølv: 1) Vel Fil Ny Malar på hovudmenyen for å opne dialogvindauget for malhandtering. 2) Klikk på fana Presentasjonar for å opne dialogvindauget for presentasjonar (32 på side 51). 1) I malhandteraren merker du mappa som du vil fjerne. 2) Trykk på knappen Slett. Det kjem då opp ein meldingsboks som bed deg stadfeste at du vil slette mappa. Trykk Ja. Flytte ein mal Slik kan du flytte ein mal frå ei malmappe til ei anna: 1) Vel Fil Ny Malar på hovudmenyen for å opne dialogvindauget for malhandtering. 2) Klikk på fana Presentasjonar for å opne dialogvindauget for presentasjonar (32 på side 51). 3) Finn fram til malen som du vil flytte og merk han 4) Klikk på knappen Flytt til mappe nedtrekkslista. og vel mappa som malen skal flyttast til frå Slette malar Du kan ikkje slette malar som blir leverte med LibreOffice eller som er installerte med utvidingshandteraren. Det er bare råd å slette malar som du har laga sjølv eller har importert. Slik slettar du ein mal: 1) Vel Fil Ny Malar på hovudmenyen for å opne dialogvindauget for malhandtering. 2) Klikk på fana Presentasjonar for å opne dialogvindauget for presentasjonar (32 på side 51). 3) Finn fram til malen som du vil flytte og merk han 4) Trykk på knappen Slett. Det kjem då opp ein meldingsboks som bed deg stadfeste at du vil slette mappa. Trykk Ja. Importere malar Dersom malen du ønskjer å bruke ikkje er i LibreOffice sine malmapper, må du importere han til ei LibreOffice-malmappe. Slik importerer du ein mal inn i ei malmappe: 1) Merk mappa som du vil importere malen til i malhandteraren. 2) Trykk på knappen Import for å opna standard filutforskar. 3) Finn fram til malen som skal importerast, merk han og klikk på Opna. Filutforskaren blir lukka og malen dukkar opp i den valde mappa. Kapittel 2 Bruke hovudutforming, stilar og malar 55

55 4) Du kan også trykke på knappen Hent fleire malar frå LibreOffice oppe til høgre i malhandteraren for å opna malsida til LibreOffice i nettlesaren. 5) Finn fram til den ønskte malen og merk han. 6) Last ned malen og gjenta steg 1 til 3 ovanfor for å imoportere malen til LibreOffice. Importere malsamlingar Ein enkel måte å installere malsamlingar som er pakka som utvidingar, er å bruke utvidingshandteraren. Du kan finne meir om utvidingshandteraren i Getting Started Guide Chapter 14 Customizing LibreOffice. 1) Last ned utvidingspakka (.OXT fil) og lagra ho ein eller annan staden i datamaskinen. Du kan finne mange malar på utvikla for å brukast i LibreOffice. 2) Vel Verktøy Utvidingar på hovudmenyen for å opna dialogvindauget for utvidingar (Figure 36). 3) Klikk Legg til for å opna filutforskaren. 4) Finn og merk malpakka du vil installere og klikk på Opna. Pakka vil nå bli installert. Kan hende du blir neden om å akseptere ein lisensavtale. 5) Når pakka er installert, er malane tilgjengelege via Fil Ny Malar og utvidinga blir lista i Utvidingar. Figure 36: Utvidingshandteraren 56 LibreOffice 4.2 Impress Guide

56 Eksportrere malar Slik eksporterer du ein mal frå ei malmappe til ein annan stad: 1) Vel Fil Ny Malar på hovudmenyen for å opna dialogvindauget for handtering av malar. 2) Klikk på fana Presentasjonar for å opna dialogvindauget for presentasjonar (32 på side 51). 3) Finn fram til den malen du vil eksportere og merk han. 4) Klikk på knappen Eksport for å opna filutforskaren. 5) Finn fram til mappa malen skal eksporterast til og klikk OK. Kapittel 2 Bruke hovudutforming, stilar og malar 57

57 Kapittel 3 Legge til og formatere tekst

58 Innleiing All tekst som blir brukt i lysbilete ligg i tekstboksar. Dette kapitlet handlar om korleis du kan laga, endra, bruke og slette tekstboksar. Det blir også snakka om dei ulike teksttypane som kan brukast og korleis dei kan formaterast. Til slutt blir det forklart korleis setje inn spesielle former for tekst som nummererte lister og punktlister, tabellar, felt og hyperlenker. Arbeide med tekstboksar Tekstboksar kan setjast inn i eit lysbilete på to måtar: Vel ei førehandsdefinert utforming frå utformingsdelen av oppgåvepanelet. Ei slik utforming inneheld ein eller fleire tekstboksar og er nærare omtalt i Kapittel 1 Innleiing til Impress. Desse tekstboksane blir kalla tekstboksar med Autoutforming. Lag ein tekstboks ved hjelp av tekstverktøyet eller verktøyet for loddrett tekst verktøylinja for teikning (37) eller verktøylinja for tekst (38). ii Figur 37: Verktøylinja for teikning Figur 38: Verktøylinja for tekst I tillegg til den vanlege tekstboksen der teksten blir justert vassrett, er det også mogleg (i noen oppsett) å setje inn tekstboksar der teksten blir justert loddrett. Merk Dersom du finn symbolet i verktøylinja for teikning eller tekst (37 og 38), klikk på det for å lage ein loddrett tekstboks. Den loddrette tekstboksen er bare tilgjengeleg når asiatiske språk er aktiverte i Verktøy Innstillingar Språkinnstillingar Språk på hovudmenyen. Skrive inn tekst i tekstboksar med autoutforming Slik skriv du inn tekst i boksar med autoutforming: 1) Sjå etter at normalvisinga er aktiv. 2) Klikk i tekstboksen som viser Klikk for å leggja til tekst. 3) Skriv eller lim inn teksten. Sjå «Laga punktlister og nummererte lister» på side 80 for meir informasjon om autoutformingsboksar. 60 LibreOffice 4.2 Impress Guide

59 Skrive inn tekst i tekstboksar Slik skriv du inn tekst i boksar laga med tekstverktøyet: 1) Sjå etter at normalvisinga er vald. Figur 39: Innskriving av tekst i ein tekstboks 2) Klikk på tekstsymbolet på verktøylinja for teikning (37) eller verktøylinja for tekst (38). Verktøylinja for teikning er som standard å finne nedst på sida. Dersom ingen av desse verktøylinjene er synlege, vel Vis Verktøylinjer Teikning eller Tekst på hovudmenyen. 3) Klikk på lysbiletet og dra ut ein tekstboks til ønskt breidde. Du treng ikkje tenke på høgda, for den vil tilpassa seg teksten du skriv inn. 4) Dersom du seinare treng å flytte tekstboksen, sjå «Flytte tekstboksar» på side 61. Sjå «Endra storleik på tekstboksar» på side 62 om korleis du kan endra storleiken på boksen. 5) Slepp museknappen når du er ferdig. Markøren er nå plassert i tekstboksen og tekstboksen blir vist med eit skravert omriss (39). 6) Skriv eller lim inn teksten i tekstboksen. 7) Klikk utanfor tekstboksen for å gå ut av han. Flytte tekstboksar Når du flytter markøren over ein tekstboks i normalvisinga, vil han skifte frå å vise ei pil til å vise ein loddrett strek (eller noe anna, avhengig av oppsettet for datamaskinen). 1) Klikk når markøren er I-liknande. Tekstboksen er nå i redigeringsmodus. Dette blir vist med ei ramme rundt boksen (39). 2) Held du markøren over denne ramma, blir han endra til det normale flyttesymbolet brukt i datamaskinen, for eksempel ei hand eller eit pilsymbol. Figur 40: Flytte tekstboks 3) Når flyttesymbolet er synleg, klikk ein gong og utvalshandtaka dukkar opp i ramma. (40). Kapittel 3 Legge til og formatere tekst 61

60 4) Klikk kvar som helst på omrisset av boksen og dra for å flytte han. Ein halvgjennomsiktig kopi av innhaldet viser kvar boksen vil bli plassert. Ikkje klikk i eit av handtaka for dette vil i tilfelle endra storleiken på boksen utan å flytte han. 5) Slepp museknappen når boksen er der du vil ha han. Klikk på utsida av tekstboksen for å gå tilbake til redigeringsmodus. Endra storleik på tekstboksar I normalvisinga vil markøren normalt bli endra frå ei pil til ein I-liknande figur når du flytter han over teksten i ein tekstboks. (Utsjånaden på markøren er avhengig av datamaskinen). 1) Klikk når markøren ser ut som ein I. Tekstboksen vil då bli sett i redigeringsmodus. Dette blir markert med ei ramme rundt tekstboksen (39). 2) Flytt markøren over ramma og han blir forandra til eit flyttesymbol. Korleis dette symbolet ser ut, er maskinavhengig, ofte ei hand. 3) Når flyttesymbolet er synleg, klikk ein gong og utvalshandtaka dukkar opp i ramma. (41). 4) Set markøren over eitt av handtaka. Markøren endrar utsjånad til å vise kva retning handtaket kan flyttast. Handtaka i hjørna flytter dei to sidene som møter kvarandre, medan handtaka på midten av linjene flytter den aktuelle linja. 5) Når dei dobbeltspissa pilene dukkar opp, klikk og dra til den storleiken du ønskjer. Når du endrar storleiken, vil ei prikkelinje vise omrisset av den nye boksen. 6) Slepp museknappen når boksen har den ønskte storleiken. Klikk på utsida av tekstboksen for å gå tilbake til redigeringsmodus. Figur 41: Endra storleik på tekstboksen Tips For å behalda forholdet mellom sidene i tekstboksen, held du nede Shift-tasten når du klikkar og drar. Slepp opp museknappen før Shift-tasten. Bruke dialogvindauget for posisjon og storleik Treng du ein meir nøyaktig kontroll med storleike og plassering enn det du kan få med datamusa, kan du bruke dialogvindauget for posisjon og storleik. 1) Merk tekstboksen og klikk på kanten av boksen for å få fram utvalshandtaka. 62 LibreOffice 4.2 Impress Guide

61 Figur 42: Dialogvindauget for posisjon og storleik 2) Trykk F4, eller vel Format Posisjon og storleik på hovudmenyen, for å opna dialogvindauget for Posisjon og storleik(42). 3) Ein annan måte kan vere å trykke på knappen for eigenskapar på sidepanelet og deretter opna underseksjonen for posisjon og storleik der du kan endra plassering, storleik og rotasjonsvinkel for tekstboksen. Du kan opna dialogvindauget for Posisjon og storleik ved å trykke på knappen Fleire innstillingar like etter overskrifta Posisjon og storleik. 4) I innskrivingsboksane X-posisjon (vassrett) og Y-posisjon (loddrett) under Plassering kan du bestemma nøyaktig plasseringa av det øvre, venstre hjørnet av tekstboksen. Verdien her er avstanden frå basispunktet relativt til det øvre, venstre hjørnet i lysbiletet. 5) I feltet Storleik kan du bestemme breidda og høgda på tekstboksen, også her i høve til basispunktet relatert til det øvre, venstre hjørnet av lysbiletet. For å behalda same forholdet mellom høg og breidd, kryssar du av for Same storleiksforhold. 6) Vel eitt av dei ni basispunkta som svarer til kvart av handtaka i tekstboksen og midten av boksen. Standard er å bruke det øvre, venstre hjørnet. 7) Dersom du vil hindra at tekstboksen seinare blir forandra, kryssar du av for Plassering og/eller Storleik i feltet Vern. 8) Ønskjer du at tekstboksen skal forandra storleik i høve til teksten du skriv inn i han, kryssar du av for Tilpass breidda etter teksten og/eller Tilpass høgda til teksten i området Tilpass. 9) Klikk på OK for å setje tekstboksen i lysbiletet etter dei vala du har skrive inn. Kapittel 3 Legge til og formatere tekst 63

62 Merk Måleeiningane brukte i dette dialogvindauget og andre dialogvindauge brukte i Impress blir bestemt i Verktøy Innstillingar LibreOffice Impress Generelt på hovudmenyen. Slette tekstboksar 1) Klikk ein gong på teksten for å vise omrisset av tekstboksen. 2) Klikk på omrisset av tekstboksen for å få fram handtaka og trykk Delete-tasten Tips Av og til kan det vere raskare å slette ein tekstboks ved å teikne eit rektangel rundt tekstbokksen og trykke Delete-tasten. Ver litt forsiktig slik at du ikkje av vanvare slettar andre tekstboksar eller former. Setje inn tekst Lime inn tekst Tekst kan setjast inn i tekstboksen ved å kopiera han frå andre dokument og lime inn i Impress. Det er ikkje alltid at den innlimte teksten passar inn i formateringa brukt på resten av teksten eller i andre lysbilete. Dette er kanskje nettopp slik du vi ha det, men i andre tilfelle ønskjer du vere konsekvent i stilbruken. Det er mange måtar å oppnå dette på og det er desse metodane som blir forklarte nedanfor. Lime inn tekst uformatert Det er ein god vane å lime inn tekst utan formatering og deretter formatere han seinare. Når teksten er merkt og kopiert, bruk ein av desse metodane for å lime inn teksten i lysbietet utan formatering: Bruke tastesnarvegen Ctrl + Shift + V og vel Uformatert tekst i dialogvindauget som kjem opp. Klikke på trekanten til høgre for symbolet Lim inn på standard verktøylinje og velje Uformatert tekst i dialogvindauget som kjem opp. Vel Rediger Lim inn utval på hovudmenyen og vel Uformatert tekst i dialogvindauget som kjem opp. Teksten blir limt inn der markørn er og formatert med disposisjonsstilen i ein autoutformingsboks og med den gjeldande biletstilen i ein normal tekstboks. Lime inn tekst formatert For å lime inn ein tekst i ein autoutformingsboks i lysbiletet med den opphavlege formateringa, bruk ein av desse måtane: Bruk tastatursnarvegen Ctrl+V. Klikk på Lim inn knappen på standard verktøylinje. Vel Rediger Lim inn på hovudmenyen. Teksten blir limt inn i lysbiletet der markøren er. For at teksten skal få same utsjånad som resten av presentasjonen, bruk den gjeldande disposisjonsstilen på teksten: 1) Merk teksten du nettopp limte inn (sjå «Merke tekst» på side 68 or meir om dette). 64 LibreOffice 4.2 Impress Guide

63 2) Vel Format Standardformatering på menylinja. Dette vil legge ein av ni presentasjonsstilar til teksten. Kva stil som blir brukt er avhengig av kvar teksten blei limt inn i lysbiletet. Figur 43: Verktøylinja for tekstformatering 3) Bruke dei fire flyttepilene på verktøylinja for tekstformatering (43)for å flytte teksten til den ønskte plasseringa og gi han det ønskte disposisjonsnivået. Den venstre pila flytter eitt nivå opp i lista, for eksempel frå disposisjon 3 til disposisjon 2. Den høgre pila flytter eitt nivå ned i lista. Pil opp og pil ned flytter listeoppføringa. 4) Legg til nødvendig manuell formatering, som skrifteigenskapar, tabulatorar osv. Dersom du limer tekst inn i ein normal tekstboks kan du likevel bruke stilar for raskt å formatere teksten. Merk at bare ein biletstil kan bli brukt på kopiert tekst. 1) Lim inn teksten der du vil ha han. 2) Merk teksten du nettopp limte inn. Sjå «Merke tekst» på side 68 for nærare detaljar om dette. 3) Vel den grafiske stilen du vil bruke. 4) Legg til nødvendig manuell formatering, som skrifteigenskapar, tabulatorar osv. Tips Presentasjonsstilane er svært ulike stilane brukte i Writer og blir også brukte ulikt. Sjå «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» på side 68 for nærare detaljar om dette. Kapittel 3 Legge til og formatere tekst 65

64 Setje inn spesielle teikn Slik kan du setje inn spesielle teikn, som merke om opphavsrett, matematiske symbol, valutasymbol eller teikn frå andre språk: Figur 44: Dialogvindauget for spesielle teikn 1) Klikk der du vil setje inn teiknet i teksten. 2) Vel Set inn Spesielle teikn på hovudmenyen for å opna dialogvindauget for spesielle teikn (44). Dersom verktøylinja for tekstformatering er tilpassa dette, kan du i staden trykke på symbolet for spesielle teikn Tips for å opna dialogen. For å få fram verktøy som ikkje er synlege på ei verktøylinje kan du høgreklikke på ein tom stad på verktøylinja og velje Synlege knappar Tfrå menyen som kjem opp. Klikk på knappen du vil ha fram på verktøylinja. 3) Vel Skrifttype og Delmengd frå nedtrekksmenyane. 4) Klikk på teiknet du vil setje inn. Det kan hende du må rulle nedover i vindauget for å fine teiknet du ser etter. 5) Klikk OK for å lukke vindauget og setje inn spesialteiknet ved markørplasseringa i teksten. 6) Du kan også dobbeltklikke på teiknet du vil setje inn. Dette vil setje inn spesialteiknet og lukke vindauget. Teikna blir set inn i den rekkefølgja du vel dei, også om du trykker på feil teikn. Klikkar du på eit ana teikn, vil dette bli lagt til i lista. Du kan slette uønskte teikn på ein av desse måtane: Trykk på knappen Slett siste for å fjerne det feilvalde teiknet og trykk deretter på det teiknet du ønsker. Trykk på knappen Slett for å fjerne alle dei valde teikna og trykk deretter på det teiknet du ønsker. 66 LibreOffice 4.2 Impress Guide

65 Sjølvsagt kan du også setje inn alle dei valde teikna og deretter slette dei du ikkje vil bruke. Dette fordi spesialteikna oppfører seg og kan handterast som alle andre teikn. Sette inn formateringsmerke Formateringsmerke er spesielle teikn som blir sett inn i teksten for å styre formateringa. Dersom du for eksempel vil at bestemte ord skilde med mellomrom eller bindestrek ikkje skal delast på to linjer på slutten av ei linje, kan du sette inn hardt mellomrom eller hard bindestrek som hindrar delinga. Du har tilgang til slike formateringsmerke frå Set inn Formateringsmerke på hovudmenyen. Impress har desse formateringsmerka: Hardt mellomrom set inn eit mellomrom som vil halde orda før og etter saman ved linjedeling. Hard bindestrek set inn ein bindestrek som vil halde orda før og etter bindestreken saman ved linjedeling. Mjuk bindestrek set inn ein normalt usynleg bindestrek som kjem fram dersom bokstaven framføre blir siste bokstaven ved linjeskift. Splitteikn utan breidd set inn eit normalt usynleg mellomrom som kjem fram dersom bokstaven framføre blir siste bokstaven ved linjeskift. Bare tilgjengeleg når kompleks tekstutforming (CTL) er slått på. Samanbindingsteikn utan breidd set inn eit normalt usynleg mellomrom som vil halde ordet saman ved linjeslutt. Bare tilgjengeleg når kompleks tekstutforming (CTL) er slått på. Venstre-til-høgre-merke set inn eit merke som bestemmer tekstretningen for all tekst som kjem etter merket. Bare tilgjengeleg når kompleks tekstutforming (CTL) er slått på. Høgre-til-venstre-merke set inn eit merke som bestemmer tekstretningen for all tekst som kjem etter merket. Bare tilgjengeleg når kompleks tekstutforming (CTL) er slått på. Formatere tekst Innleiing Høveleg bruk av tekstformatering kan gi presentasjonen ein einsarta utsjånad og spenst til bodskapen din, og kan til og med forbetra forståinga ved at distraherande element blir fjerna. Når du legg til ein tekst, anten det er i ein autoutformingsboks eller i ein normalboks, blir han formatert med ein heil del førehandsdefinerte innstillingar, såkalla stilar. Kva for stilar som blir brukte er avhengig av disposisjonsnivået for staden der teksten blir set inn i tekstboksen. Om du for eksempel skriv inn ein tekst i disposisjonsnivå 2, vil Impress formatere han anten i høve til presentasjonsstilen utforming 2 for autoutformingsboks eller den gjeldande biletstilen for tekstboksar. Tips Av og til, som vist i bolken «Lime inn tekst» på side 64, kan det vere svært nyttig å bruke hovudstilen på ein tekst for å sleppe manuell formatering, særleg dersom du gjer feil og ikkje finn ut av korleis du kan rette opp feilen. For å legge til hovudstilen, merker du teksten og vel Format Standardformatering på hovudmenyen. Formatering av tekst kan krevja endringar i tre område: Teikninnstillingar (for eksempel skriftfarge) Avstittsinnstillingar ( for eksempel justering) Listeinnstillingar (f for eksempel punkttype) Kapittel 3 Legge til og formatere tekst 67

66 I noen tilfelle er det enklast å bruke manuell formatering, men når dei same endringane skal utførast på fleire ulike deler av presentasjonen, er det enklast å bruke stilar. Begge måtane blir forklarte her. I motsetnad til i LibreOffice Writer, der det blir tilrådd å bruke stilar så ofte som mogleg, blir det i Impress ofte brukt manuell formatering. Dette fordi presentasjonsstilane er faste i Impress. Det er såleis ikkje råd å ha to ulike nivå 1 eller ulike listepunkt i det same disposisjonsnivået. Stilane manglar også støtte for teiknstilar, noe som gjer manuell formatering nødvendig for deler av teksten. Merk Merke tekst Før teksten kan formaterast, må han merkast. Alle endringar i formatering blir bare utført på merkt tekst. For å formatere all teksten i ein tekstboks, klikk ein gong på kanten av boksen for å få fram handtaka for utvalet. Endringar i formateringa vil nå bli utført på all teksten i boksen. For å formatere deler av teksten, klikkar du ein gong på teksten. Du kan nå markere deler av teksten på ein av desse måtane: Klikk og dra markøren over teksten for å utheve han. Tips Dobbeltklikk for å markere eitt ord, eller trippelklikk for å markere eit heilt avsnitt. Hald nede Shift-tasten medan du bruker piltastane på tastaturet for å lage markeringa. Du kan merke teksten ord for ord ved å halde nede Ctrl- og Shift-tasten samstundes. Du kan også kombinere Shift-tasten med Home- eller End-tasten for å merke teksten frå der markøren står til byrjinga eller slutten av linja. Bruke stilar for å formatere tekst Impress har to typar stilar: presentasjonsstilar og biletstilar. Presentasjonsstillane blir brukte på tekst som blir sett inn i ein autoutformingstekstboks, bakgrunnar i hovudutformingar og bakgrunnsobjekt.. For tekst som blir sett inn i ein tekstboks må du likevel legge til ein biletstil. Dette kapitlet handlar mest om presentasjonsstilar. Biletstilane er forklarte i Kapittel 6 Formatting Graphic Objects. Endra ein presentasjonsstil Du kan endra ein presentasjonsstil ved å følgje desse stega: 1) Opna stilhandsamaren (Figure45) ved å trykke på F11 eller ved å velje Format Stilhandsamar på menylinja. 2) Sjå etter at knappen for Presentasjonsstilar er vald. 3) Høgreklikk på stilen du vil endra og vel Rediger frå menyen som kjem opp. Det nye vindauget som kjem opp inneheld ei rad med faner som blir brukte for å gjere endringar i presentasjonsstilen LibreOffice 4.2 Impress Guide

67 Figure45: Dialogvindauget for stilhandsamaren Figur 46: Fanene i dialogvindauget for å redigera ein presentasjonsstil Dette dialogvindauget inneheld 14 faner som kan delast i to grupper: Sider som styrer tekstformatering og sider som styrer eigenskapane for bakgrunnar i hovudutformingar og bekgrunnsobjekt. Det er ingen skilnad på innstillingane som styrer ein stil og innstillingane som blir brukte manuelt på deler av ein tekst. Faktisk så er sidene som blir opna når du legg til ei manuell formatering er dei same som kjem fram når du endrar stilar i stilhandsamaren. Så, når du meistrar tekstformatering, vil du ikkje ha noe problem med å endra ein stil. For sidene Skrift og Skrifteffektar, sjå «Formatere teikn» på side 70. For sidene Innrykk og avstand, Justering og Tabulatorar, sjå «Formatere avsnitt» på side 74. For sidene Punktteikn, Nummereringstype, Bilete, Tilpass, sjå «Laga punktlister og nummererte lister» på side 80. Sidene som handlar om bakgrunnsformatering og bakgrunnsobjekt er detaljert omtalte i Kapittel 6 Formatting Graphic Objects. Oppdatere ein stil frå eit utval Slik kan du oppdatere ein stil frå eit tekstutval som du nettopp har endra, eller eit utval du ønskjer å bruke: 1) Merk eit element i ein tekstboks som har den utsjånaden du ønskjer å bruke som stil. 2) Vel den stilen du vil endra i stilhandsamaren (Figure45)og klikk på knappen Oppdater stil. Kapittel 3 Legge til og formatere tekst 69

68 Bruke ein presentasjonsstil For å ta i bruk ein presentasjonsstil, flytt avsnittet til det ønskte disposisjonsnivået slik som omtalt i «Laga punktlister og nummererte lister» på side 80. Dette er annleis enn i Writer der du vel stil frå stilhandsamaren. Formatere teikn Dialogvindauget for teikn Du opnar dialogvindauget for innstillingane for teiknformatering (47) frå Format Teikn på hovudmenyen eller ved å klikka på teiknsymbolet på verktøylinja for tekstformatering (51 på side 74). Dersom verktøylinja for tekstformatering ikkje er synleg, klikk på Vis Verktøylinjer Tekstformatering. Legg merke til at det ikkje finst teiknstilar i Impress. Figur 47: Dialogvindauget Teikn med asiatiske språk og CTL slått på fana for skrifter Bruk fana for Skrifter (47) for å velje skrifttype, utsjånad (kursiv, halvfeit, halvfeit kursiv eller vanleg) og storleik. Eit eksempel på skrifttypen og verknadane av innstillingane blir vist nedst på 70 LibreOffice 4.2 Impress Guide

69 sida. Du kan også velja språk for denne stilen. Denne fana er også tilgjengeleg når du lagar eller endrar ein presentasjonsstil eller ein biletstil. Tips Når du lagar ein fleirspråkleg presentasjon, kan du bruke språkinnstillingane for å laga to stilar der einaste skilnaden er språket. Du kan då bruke stavekontrollen for kvart språk utan å påverka andre ting i påresentasjonen. Dersom støtte for asiatiske språk og komplekst tekst (CTL) er slått på (Verktøy Innstillingar Språkinnstillingar Språk), vil asiatisk skrift og CTL-tekstteikn vere tilgjengelege i dialogvindauget for teikn. Kvar del i dialogvindauget har dei same funksjonane, så du kan setja asiatisk skrift og CTL-skrift på lik linje med vestleg skrift. Figur 48: fana Skrifteffektar i dialogvindauget for teikn Skrifteffektar Bruk fana for Skrifteffektar (48) for å legge til spesielle effektar som overstreking, farge, skygge osv. til teksten. På same måten som i fana skrifter, blir resultatet vist nedst i vindauget slik at du kan sjå verknaden straks. Denne fana er også tilgjengeleg når du lagar eller endrar ein presentasjonsstil eller ein biletstil. Kapittel 3 Legge til og formatere tekst 71

70 Plassering fana Plassering (49) har avanserte innstillingar for å tilpassa tekst. Bruk denne fana til å plassere tekst i høve til grunnlinja når du set inn heva eller senka skrift. Denne fana er ikkje tilgjengeleg i dialogvindauga for presentasjonsstil og biletstil. Figur 49: fana Plassering i dialogvindauget Teikn I fana Plassering kan du lage heva eller senka skrift slik: 1) Vel Heva skrift eller Senka skrift. 2) Skriv inn eller vel på nedtrekksmenyen kor mange prosent skrifta skal hevast eller senkast. Dersom det er merkt av for Automatisk (som er standard), er dette valet ikkje tilgjengeleg. 3) Skriv inn eller vel på nedtrekksmenyen kor mange prosent storleiken på skrifta skal vere i høve til normalskrifta. Dei andre innstillingane som blir sette i denne fana er: Skaler breidda i Rotering her skriv du inn eller vel på nedtrekksmenyen kor mange prosent skriftbreidda skal vere i høve til normalskrifta. Dette påverkar breidda av kvart einskild teikn i den valde teksten. Avstand bestemmer avstanden mellom bokstavane i den valde teksten. Vel du brei eller smal avstand, kan du bestemme kor mykje teksten skal utvidast eller krympast i nedtrekksmenyen i med-boksen. Standard bruker teiknavstanden som er spesifisert i teikntypen Brei aukar teiknavstanden 72 LibreOffice 4.2 Impress Guide

71 Smal minkar teiknavstanden Parkerning justerer automatisk teiknavstanden for spesielle teiknkombinasjonar. Kerning er bare tilgjengeleg for einskilde teikntypar og bare dersom skrivaren støttar dette. Teikninnstillingane frå oppgåvepanelet Ein annan måte å formatere teikn er å bruke teikninnstillingane tilgjengelege frå oppgåvepanelet (50). Trykk på knappen for innstillingar på oppgåvepanelet og opna innstillingane for teikn. Treng du fleire teikninnstillingar, trykk på knappen Fleire val oppe til høgre i dialogvindauget for å opna dialogvindauget Teikn. Figur 50: Teikninnstillingane frå oppgåvepanelet Desse vala for formatering av teikn finst i teikninnstillingane i oppgåvepanelet: Skriftnamn og Skriftstorleik vel desse frå nedtrkkslistene. Desse vala er også tilgjengelege frå verktøylinja for tekstformatering. Halvfeit, Kursiv, Understrek desse vala er også tilgjengelege frå verktøylinja for tekstformatering. Klikk på den vesle trekanten til høgre for understreksymbolet for å velje utsjånad på understrekinga. Klikk på Fleire val nedst i denne lista for å opna dialogvindauget for teikn. Gjennomstreking teiknar ei linje gjennom den merkte teksten. Skygge legg skygge til den merkte teksten. Større skrift og Mindre skrift kvart klikk på desse knappane gjer skrifta større eller mindre. Kor mykje større og mindre er avhengig av oppsettet for datamaskinen. Skriftfarge Klikk på den vesle trekanten til høgre for denne knappen og vel farge. Desse vala er også tilgjengelege frå verktøylinja for tekstformatering. Teiknavstand klikk på den vesle trekanten til høgre for denne knappen for å velje teiknavstanden. Regulering av avstanden mellom teikna blir også kalla kerning. Heva skrift reduserer skriftstorleiken for den merkte teksten og hever han over grunnlinja. Senka skrift reduserer skriftstorleiken for den merkte teksten og senker han under grunnlinja. Kapittel 3 Legge til og formatere tekst 73

72 Formatere avsnitt Dialogvindauget for avsnitt For å få fram dialogvindauget for avsnittsformatering (51) vel Format Avsnitt på hovudmenyen eller klikk på avsnittssymbolet på verktøylinja for tekstformatering (58 på side 84). Dersom denne verktøylinja ikkje er synleg, vel Vis Verktøylinjer Teikninnstillingane frå oppgåvepanelettekstformatering på hovudmenyen. Normalt inneheld dialogvindauget for formatering av avsnitt tre faner: Innrykk og avstand, Tabulatorar og Justering, men dersom støtte for asiatiske språk er aktivert i Verktøy Innstillingar Språkinnstillingar Språk vil det også vere ei fane kalla Asiatisk typografi her. Figur 51: fana Innrykk og avstand i dialogvindauget for formatering av avsnitt fana innrykk og avstand fana Innrykk og avstand (51) inneheld fire grupper. Denne fana er også tilgjengeleg når du lagar eller endrar ein presentasjonsstil eller ein biletstil. Innrykk bestemmer kor mykje plass det skal vere mellom venstre og høgre marg på sida og avsnittet. Før tekst for språk som blir skrivne frå venstre mot høgre, bestemmer du her kor mykje plass det skal vere mellom venstre sidemarg og avsnittet. Skriv du eit negativt tal her, vil avsnittet byrja før sidemargen. I språk som blir skrivne frå høgre mot venstre, vil den høgre sida av avsnittet bli rykka inn i høve til den høgre sidemargen. 74 LibreOffice 4.2 Impress Guide

73 Etter tekst for språk som blir skrivne frå venstre mot høgre, bestemmer du her kor mykje plass det skal vere mellom høgre sidemarg og avsnittet. Skriv du eit negativt tal her, vil avsnittet byrja før sidemargen. I språk som blir skrivne frå høgre mot venstre, vil den venstre sida av avsnittet bli rykka inn i høve til den venstre sidemargen. Første linje rykker inn den første linja i avsnittet. For å laga hengande innrykk, skriv inn ein positiv verdi for Før tekst og ein negativ verdi for Første linje. Avstand bestemmer avstanden mellom dei merkte avsnitta. Merk Over avsnitt bestemmer kor mykje plass det skal vere over det merkte avsnittet eller dei merkte avsnitta. Under avsnitt bestemmer kor mykje plass det skal vere under det merkte avsnittet eller dei merkte avsnitta. Dersom avstand er vald for både før og etter eit avsnitt og Ikkje legg til avstand mellom avsnitt som er formaterte med den same stilen er vald, vil bare avstand etter eit avsnitt bli brukt dersom begge avsnitta bruker same stilen. Linjeavstand bestemmer avstanden mellom linjene i eit avsnitt. Du har desse vala frå nedtrekkslista: Enkel gjer at avsnittet blir skrive ut med enkel linjeavstand. Dette er standardinnstillinga. 1.5 liner set linjeavstanden til 1,5 linjer Dobbel set linjeavstanden til to linjer. Proporsjonal set linjeavstanden som prosent av enkel linjeavstand, som er 100 %. Skriv inn prosenttalet i boksen etter dette valet. Minst set den minste linjeavstanden tilden verdien du skriv inn i boksen. Dersom du har fleire skriftstorleikar i det same avsnittet, vil linjeavstanden bli justert automatisk i høve til den største skrifta. Ønskjer du å ha same avstanden mellom alle linjene, vel ein verdi i høve til den største skrifta. Innleiande set kor stor avstanden mellom to linjer skal vere. Fast skriv inn ein fast verdi som skal brukast for alle linjeavstandane. Tips Å setje linjeavstanden til mindre enn 100 % kan vere ein god måte å få inn mykje tekst på liten plass, men ver litt forsiktig med å bruke denne teknikken. Blir avstanden for liten, kan det bli vanskeleg å lese teksten. Tips Du kan endre standard måleeining, for eksempel frå tommar til centimeter, frå Verktøy Innstillingar LibreOffice Impress Generelt på hovudmenyen. Kapittel 3 Legge til og formatere tekst 75

74 Figur 52: fana Justering i dialogvindauget for formatering av avsnitt fana justering fana Justering (52) blir brukt for å bestemme justeringa i eit avsnitt. Denne fana er også tilgjengeleg i dialogvindauga for presentasjonsstil og biletstil. Venstre justerer avsnittet i høve til den venstre margen. Dersom støtte for asiatiske språk er slått på, er dette valet kalla Venstre/øvst. Høgre justerer avsnitten i høve til den høgre margen. Dersom støtte for asiatiske språk er slått på, er dette valet kalla Høgre/nedst. Midtstill sentrerer innhaldet i avsnittet på sida. Blokkjustert justerer avsnittet både i høve til venstre og høgre marg. Tekstretning bestemmer tekstretningen som skal brukast i avsnittet dersom kompleks tekstutforming (CTL) er slått på. Du kan også bruke knappane for avsnittsjustering på verktøylinja for tekstformatering (58 på side 84) eller underseksjonen Avsnitt på oppgåvepanelet (55). 76 LibreOffice 4.2 Impress Guide

75 Figur 53: fana Tabulatorar i dialogvindauget for formatering av avsnitt fana tabulatorar fana tabulatorar (53) blir bruk til å bestemme tabulatorane. Denne fana er også tilgjengeleg i dialogvindauga for presentasjonsstil og biletstil. Slik kan du lage tabulatorar inne i eit avsnitt: 1) Set storleiken på tabulatoren i tekstboksen Plassering. 2) Vel tabulatortype i Type. Dersom du set typen til Desimal, må du velja kva teikn som skal brukast som desimalteikn i teiknboksen. Venstre justerer den venstre sida av avsnittet til tabulatoren og held fram mot høgre. Dersom støtte for asiatiske språk er slått på, er dette valet kalla Venstre/øvst. Høgre justerer den høgre sida av avsnittet til tabulatoren og held fram mot venstre. Dersom støtte for asiatiske språk er slått på, er dette valet kalla Høgre/nedst. Midtstilt justerer midten av teksten i høve til tabulatoren. Desimal justerer desimalteiknet i eit tal til midten av tabulatoren og tekst til venstre for tabulatoren. Teikn skriv inn teiknet som desiamaltabulatoren skal bruka som desimalteikn. 3) Vel eit Fyllteikn som skal brukast frå innsetjingspunktet til tabulatoren. Ingen ingen fyllteikn blir brukt og fjernar alle eventuelle fyllteikn til venstre for tabulatoren.... fyller dei tome plassane til venstre for tabulatoren med punkt fyller dei tome plassane til venstre for tabulatoren med strekar. fyller dei tome plassane til venstre for tabulatoren med ei linje. Kapittel 3 Legge til og formatere tekst 77

76 Teikn vel eit teikn som dei tomme plassane til venstre for tabulatoren skal fyllast med. 4) Klikk på knappen Ny for å legge den nye tabulatoren til det gjeldande avsnittet. 5) Klikk OK for å lagra endringane og lukke dialogvindauget. Slik kan du redigere tabulatorar inne i eit avsnitt: 1) Merk tabulatoren du vil redigere i boksen Plassering. 2) Vel Type og Fyllteikn. 1) Klikk OK for å lagra endringane og lukke dialogvindauget. Merk For å endre tabulatorplaseringa må du først slette tabulatoren og deretter lage ein ny tabulator med dei ønskte endringane. Slik slettar du tabulatorar inne i eit avsnitt: 1) Merk tabulatoren i boksen Plassering. 2) Klikk på knappen Slett for å slette den valde tabulatoren. 3) Klikk på knappen Slett alt for å slette alle tabulatorane som er brukte i det gjeldandeavsnittet. 1) Klikk OK for å lagra endringane og lukke dialogvindauget. fana asiatisk typografi Bruk fana for Asiatisk typografi (54) for å setje desse innstillingane i høve til linjeendringar. Denne fana er også tilgjengeleg i dialogvindauga for presentasjonsstil og biletstil. Bruk lista med forbodne teikn i byrjinga og slutten av linja forhindrar at teiknet i lista blir brukt som første eller siste teikn på ei linje. Teiknet blir anten flytt til den førre eller den neste linja. Du kan endre denne lista over forbodne teikn frå LibreOffice Språkinnstillingar Asiatisk oppsett. Tillat hengande teiknsetjing forhindrar at komma og punktum bryt linja. I staden blir desse teikna lagt til på slutten av linja, sjølv om det då kjem utanfor sidemargen. Bruk avstand mellom asiatisk, latinsk og kompleks tekst set inn eit mellomrom mellom teikn mellom asiatisk, latinsk og kompleks tekst. Figur 54: fana Asiatisk typografi i dialogvindauget for formatering av avsnitt 78 LibreOffice 4.2 Impress Guide

77 Avsnittinnstillingane frå oppgåvepanelet Ein annan måte å formatere avsnitt på er å bruke underseksjonen Avsnitt (55) frå oppgåvepanelet. Klikk på knappen for eigenskapar på oppgåvepanelet og opna deretter underseksjonen Avsnitt. Treng du fleire formateringsval, klikk på knappen Fleire val oppe til høgre i seksjonen for å opna dialogvindauget for avsnitt. Figur 55: Innstillingar for avsnitt i oppgåvepanelet Desse formateringsvala er tilgjengelege frå underavdelinga Avsnitt i oppgåvepanelet: Venstrejustert, Midstilt, Høgrejustert, Blokkjustert bestemmer korleis avsnittet skal justerast i høve til sidemargane. Desse knappane er også tilgjengelege i verktøylinja for tekstformatering. Venstre til høgre, Høgre til venstre desse er bare tilgjengelege når vala asiatisk og kompleks tekstutforming (CTL) er sett i Verktøy Innstillingar Språkinnstillingar Språk. Øvst, Midten, Nedst justerer det merkte avsnittet til øvst, midten eller nedst i tekstboksen. Dette tilsvarar loddrett justering i ei tabellcelle. Punktteikn, Nummerering lagar ei punktliste eller ei nummerert liste av det merkte avsnittet. Klikk på den vesle trekanten til høgre for knappen for å velje utsjånad på listene. Klikk på Fleire innstillingar oppe til høgre i avsnittsvindauget for å opna dialogvindauget for punktteikn og nummererte lister. Auk eller krymp mellomrom aukar eller minskar avstanden over og under dei valde avsnitta. Mellomrom over/under avsnitt aukar eller minskar avstanden over eller under det merkte avsnittet. Skriv inn avstanden i tekstboksen. Linjeavstand set linjeavstanden i det merkte avsnittet. Klikk på den vesle trekanten til høgre for knappen for å opna nedtrekkslista der du kan velje avstanden. Auk innrykk dette verktøyet er aktivt bare når eit listeelement er merkt. Kvart trykk på knappen flytter disposisjonsnivået eitt nivå ned i det merkte listeavsnittet. Dette er det same som å bruke knappen Eitt nivå ned på verktøylinja for tekstformatering. Kapittel 3 Legge til og formatere tekst 79

78 Mink innrykk dette verktøyet er aktivt bare når eit listeelement er merkt. Kvart trykk på knappen flytter disposisjonsnivået eitt nivå opp i det merkte listeavsnittet. Dette er det same som å bruke knappen Eitt nivå opp på verktøylinja for tekstformatering. Bytt til hengande innrykk dette verktøyet er aktivt bare når eit standardavsnitt er merkt og verkar ikkje på listeelement. Kvart trykk på denne knappen skifter det hengande innrykket i det merkte avsnittet frå ein positiv verdi til ein negativ verdi eller omvendt. Venstre innrykk, Høgre innrykk, Hengande innrykk skriv inn ønskt verdi i innskrivingsboksen. Laga punktlister og nummererte lister Måten å lage ei punktliste eller ei nummerert liste er avhengig av kva slag tekstboks det gjeld, sjølv om verktøya for å handtere lista og tilpasse utsjånaden er dei same. I autoutformingsboksar som er laga automatisk av Impress, vil utformingsstilen som standard vere punktliste. For normale tekstboksar kjem det til eit ekstra steg for å laga punktliste. Laga lister i autoutformingsboksar Alle tekstboksane som er med i dei tilgjengelege utformingane er formaterte som punktlister. Difor er bare desse stega nødvendige for å lage ei punktliste: 1) Vel ei lysbiletutforming som inneheld ein tekstboks frå utformingspanelet. Desse er lett kjennelege ut frå miniatyren. 2) Click on the text Click to add text in the text box and start typing your first item. 3) Trykk Enter for å gå til ei ny punktinje. 4) Trykk Shift + Enter for å byrja ei ny linje utan å setja eit punkt eller eit tal framføre. Den nye linja vil ha det same innrykket som den førre linja. 5) Trykk Tab eller knappen Eitt nivå ned på verktøylinja for tekstformatering (43 på side 65) eller bruk tastesnarvegen Alt + Shift + Pil høgre for å flytte elementet eitt nivå ned til det neste disposisjonsnivået. 6) Trykk Shift + Tab eller knappen Eitt nivå opp på verktøylinja for tekstformatering eller bruk tastesnarvegen Alt + Shift + Pil venstre for å flytte elementet eitt nivå opp til det neste disposisjonsnivået. 7) Klikk knappen Punkt av/på på verktøylinja for tekstformatering eller Punkt i området for avsnitt i oppgåvepanelet for å lage ei liste eller eit element utan punkt. Normalt blir lista laga som ei punktliste. For å tilpasse lista eller for å endre ho frå ei punktliste til ei nummerert liste, sjå «Endre listeutsjånaden» nedanfor. I autoutformingsboksar vil flytting av eit element opp eller ned i lista tilsvara det p legge til ein ny utformingsstil. Dette betyr at det andre utformingsnivået svarer til disposisjon 2, det tredje til disposisjon 3 osv. Som ei følgje av dette vil ei endring av nivået også føre med seg andre endringar som skriftstorleik, punkttype osv. Merk Ikkje prøv å endra disposisjonsnivået ved å merke teksten og deretter klikke på den ønskte disposisjonsstilen slik du kan gjere det i Writer. På grunn av måten presentasjonsstilane arbeider i Impress, er det ikkje mogleg å legge til disposisjonsnivå på denne måten. 80 LibreOffice 4.2 Impress Guide

79 Lage lister i andre tekstboksar Slik lager du ei liste i ein tekstboks: 1) Set markøren i tekstboksen. 2) Klikk på knappen Punkt av/på på verktøylinja for tekstformatering. 3) Skriv inn teksten og trykk på Enter for å byrja på ei ny linje med eit punkt. 4) Trykk Shift + Enter for å byrja ei ny linje utan punkt.den nye linja vil ha det same innrykket som den førre linja. 5) Trykk Tab for å auke innrykksnivået for elementet. 1) Trykk Shift + Tab for å minske innrykksnivået for elementet. For å tilpasse ei liste eller for å endre ho frå punktliste til nummerert eller omvendt, sjå «Endre listeutsjånaden» nedanfor. Endre listeutsjånaden Du ka tilpasse ei heil liste eller ei enkelt oppføring heilt etter eigne behov. Dette gjer du frå dialogvindauget for Punkt og nummerering (56) som er tilgjengeleg frå Format Punkt og nummerering på hovudmenyen eller ved å klikke på knappen Punkt og nummerering på verktøylinja for tekstformatering. Figur 56: Dialogvindauget for Punkt og nummerering fana Punktteikn Kapittel 3 Legge til og formatere tekst 81

80 Endre listetype 1) Du endrar listetypen for alle elementa i heile lista ved å merka teksten i tekstboksen eller klikke på ramma til tekstboksen slik at utvalshandtaka blir synlege. 2) Du endrar utsjånaden til eitt element i lista ved å klikke kvar som helst i listeelementet for å plassere markøren på elementet. 3) Vel Format Punkt og nummerering på hovudmenyen eller klikk på knappen Punkt og 4) 5) 6) 7) 8) 9) nummerering på verktøylinja for tekstformatering for å opna dialogvindauget Punkt og nummerering (56). Dette vindauget inneheld fem faner: Punktteikn, Nummereringstype, Bilete, Plassering og Tilpass. Du kan også opna vindauget ved å klikke på knappen Punkt og nummerering på avsnittsfeltet tilgjengeleg frå opgåvepanelet. Dersom du skal lage ei punktliste, vel punktstilen frå standardstilane i fana Punktteikn i dialogvindauget for punkt og nummerering. Du kan også klikke på den vesle trekanten til høgre for knappen Punkt i avsnittsfeltet tilgjengeleg frå opgåvepanelet og velje punkt frå nedtrekkslista. Dersom du skal lage ei nummerert liste, vel nummereringsstilen frå standardstilane i fana Nummereringstype i dialogvindauget for punkt og nummerering. Du kan også klikke på den vesle trekanten til høgre for knappen Nummerering i avsnittsfeltet tilgjengeleg frå opgåvepanelet og velje punkt frå nedtrekkslista. Dersom du ønskjer å bruke ein biletstil, vel biletstilen frå standardstilane i fana Bilete i dialogvindauget for punkt og nummerering. Ønskjer du å justere innrykk og avstandar, sjå «Fana plassering» nedanfor. Ønskjer du å laga ei tilpassa liste, vel fana Tilpass i dialogvindauget for punkt og nummerering og bruk vala der for å tilpasse lista. Sjå «Fana tilpass» nedanfor for meir om dette. Dersom du bruker dialogvindauget for punkt og nummerering, trykk OK for å lagra endringane og lukke vindauget. Dersom du bruker verktøyet Punkt og nummerering frå oppgåvepanelet vil alle endringar bli lagra etter kvart som du skriv dei inn. Merk For å opna dialogvindauget for punkt og nummerering når du bruker Punkt eller Nummerering frå avsnittsområdet i oppgåvepanelet, klikk på knappen Fleire val heilt nedst i nedtrekksmenyen som kjem fram når du trykker på den vesle trekanten til høgre for verktøyet. Merk Dersom lista er laga med ein autoutformingstekstboks, kan du også endre heile lista ved å endre utformingsstilen. Endringane vil bli utført på alle lysbilete som bruker denne stilen, så ver forsiktig. Fana plassering Bruk fana Plassering (57) for å justere innrykk og avstand for punktteikna og teksten. Denne fana er særleg nyttig saman med fana Tilpass. Slik set du opp eit disposisjonsnivå: 1) Vel nivået frå lista på venstre side i fana. Vel nivå 1 10 for å endre alle nivå samstundes. 2) Set verdien for Innrykk for å bestemma avstanden mellom punktet eller talet og teksten. Dersom nivå 1 10 er vald, er Innrykk gråa ut som utilgjengeleg. 3) Kryss av for Relative å gjere innrykksverdien relativ til det førre nivået i staden for til margen. 82 LibreOffice 4.2 Impress Guide

81 Figur 57: Dialogvindauget for Punkt og nummerering fana Plassering 4) Set Breidd på nummerering stor nok til at du er sikker på at det er plass nok i ei nummerert liste også om tala er på meir enn eitt siffer. 5) Set Nummereringsjustering for å bestemme justeringa av tala i ei nummerert liste. Du kan for eksempel velje å høgrejustere tala når lista bruker tal med meir enn to siffer. 6) Klikk Standard for å setje innrykk og avstand til normalverdiane brukte i Impress 7) Klikk OK for å lagra endringane og lukke vindauget. Merk fana Plassering er ikkje tilgjengeleg når du gjer endringar i ein presentasjonsstil eller ein biletstil. Du kan likevel få tildei same effektane ved å bruke fana Innrykk og avstand i dialogvindauget for avsnitt (51 på side 74) for å lage eller å endre eit lysbilete. Fana tilpass Bruk fana Tilpass (58) for å endra stilen for disposisjonsnivå. Kva val som er tilgjengelege på denne fana er avhengig av kva markørtype som er vald for lista. Med hjelp av fana Tilpass kan du lage komplekse, strukturerte utformingar som nøsta lister med punktteikn etter numeriske teikn. 1) For å tilpassa kvart nivå for seg, vel kvart nivå på venstre side av fana. Den høgre sida av fana viser ei førehandsvising av endringane. 2) For å tilpasse ale nivåa samstundes, vel 1 10 som nivå. Sidan nivåa er sette opp hierarkisk, vil endringar gjort på eitt nivå også gjelde for alle lågare nivå. Kapittel 3 Legge til og formatere tekst 83

82 Figur 58: Dialogvindauget for Punkt og nummerering fana Tilpass 3) Vel innstillingane du vil bruke når du tilpassar lista. Dei tilgjengeleg vala er omtalte nedanfor. 4) Trykk på knappen Nullstill for å setje innstillingane tilbake til Impress sine standardinnstillingar. 5) Når du er ferdig, trykk på OK for å lagra endringane og lukke vindauget. Kva for val i lista nedanfor som er tilgjengelege i fana Tilpass er avhengig av kva punkt- eller nummereringsstil som er vald: Nummerering vel frå nedtrekkslista kva type nummerering som skal brukast. Før skriv inn ein tekst eller eit teikn som skal stå framføre talet (for eksempel Steg). Etter skriv inn ein tekst eller eit teikn som skal stå etter talet (for eksempel kolon). Farge vel farge for listemerket (tal eller punkt) frå nedtrekkslist. Relativ storleik vel storleiken på talet i høve til skriftstorleiken brukt i avsnittet for kvart element. Start på skriv inn første verdien i lista (for eksempel 4 i staden for som normalt 1). Knappen Teikn vel eit spesialteikn som punktteikn. Bilete vel eit bilete som skal brukast som punktmerke frå galleriet over tilgjengelege bilete eller frå ei anna fil. Breidd vel breidda på biletet som skal brukast som punktteikn. Høgd vel høgda på biletet som skal brukast som punktteikn. 84 LibreOffice 4.2 Impress Guide

83 Same storleiksforhold dersom det er merkt for denne, blir forholdet mellom sidene i bilete uendra dersom du endrar storleiken på biletet. Bruke tabellar Tabellar er greie å bruke når du vil vise strukturert informasjon på ein oversiktleg og forståeleg måte. Dei er difor viktige i presentasjonar. Du kan lage tabellar direkte i Impress, utan å gå vegen om Calc-rekneark eller Writer-tekst. Tabellane i Impress er nokså enkle, så for meir komplekse tabellar kan det likevel vere lurt å bruke ein tabell frå eit rekneark i staden. Du kan finne mange førehandsdefinerte tabellar i tabellutforming i oppgåvefanen (59). Figur 59: Tabellutforming frå oppgåvepanelet Lage ein tabell Når du skal lage ein tabell, er det enklast om du på førehand veit kor mange rader og kolonnar og plasseringa av desse. Det er råd å endre dette seinare, men krev litt ekstra arbeid. Kapittel 3 Legge til og formatere tekst 85

84 Figur 60: Dialogvindauge for innsetjing av tabell Figur 61: Grafisk innsetjing av tabell Slik set du inn ein tabell i eit lysbilete: 1) Merk lysbiletet som skal ha tabellen og gjer om nødvendig endringar som må til for å lage plass for tabellen. 2) Vel Set inn Tabell på hovudmenyen eller klikk på knappen Tabell på standardverktøylinja for å opne dialogvindauget for å laga tabell (60). 3) Vel kor mange kolonnar og rader tabellen skal ha. 4) Trykk på OK for å lukke dialogvindauget og setje tabellen inn i lysbiletet. Ein annan måte å setje inn tabell på er å klikke på den vesle trekanten til høgre for tabellknappen for å opna verktøyet for grafisk innsetting av tabell (61). 5) Bruk markøren og vel kor mange kolonnar og rader tabellen skal ha og venstreklikk med musa. Tabellen blir sett inn midt i lysbiletet. 6) Sjå etter at underavdelinga Tabellutforming (59) i oppgåvepanelet er ope. 7) Vel ein av dei førehandsdefinerte stilane, som skil seg frå kvarandre bare i fargeval. Du bør velje den fargen som kjem nærast det du ønskjer å bruke. Du kan endre fargane seinare. 8) Flytt tabellen ved å merke han og dra han til den nye staden, eller bruk ein av metodane omtalte i «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» på side Feil: Fann ikkje kjelda til referansen. 86 LibreOffice 4.2 Impress Guide

85 Når du set inn ein tabell i eit lysbilete, vil tabellen bli laga med den gjeldande grafiske stilen. Du kan endre utsjånaden til tabellen etter ønskje. Merk Når tabellane blir sette inn i eit lysbilete, vil dei i utgangspunktet bruke standardinnstillingar for fargeskjema, kolonnestriper, overskriftsrad osv. For tida er desse innstillingane fast koda og kan ikkje endrast. Endre ein tabell Når tabellen er lagt inn på lysbiletet kan du bestemme utsjånaden, storleiken, plasseringa osv. ved å bruke ein kombinasjon av vala i oppgåvepanelet, tabellverktøylinja og dialogvindauget for tabellinnstillingar. Vala i oppgåvepanelet I panelet tabellutforming har du desse vala: Overskriftsrad legg til ei rad øvst i tabellen med ein annan farge enn resten av tabellen. Dette valet er avkryssa som standard. Totalrad er det motsete av overskriftsrad. Dersom denne er avkryssa, vil den siste rada i tabellen få ein annan farge enn resten av tabellen. Radstriper er avkryssa som standard. Gir annakvar rad ulike fargar. Første kolonne uthevar den første kolonnen i tabellen ved å gi han ein mørkare bakgrunnsfarge. Siste kolonne uthevar den siste kolonnen i tabellen ved å gi han ein mørkare bakgrunnsfarge. Kolonnestriper Gir annakvar kolonne ulike fargar. Tabellverktøylinja Når ein tabelle er markert, kjem det fram åtte handtak rundt kanten av tabellen og verktøylinja for tabellar blir vist (62). Dersom verktøylinja ikkje er synleg, vel Vis Verktøylinjer Tabell på hovudverktøylinja. Tabellverktøylinja inneheld dei aller fleste verktøya du treng for å redigere ein tabell. Tabell Lagar ein ny tabell i det merkte lysbiletet. Eit trykk på denne knappen opnar dialogvindauget for å setje inn ein tabell (60) der du kan velje kor mange rader og kolonnar som skal vere i tabellen. Du kan også klikke på den vesle trekanten til høgre for tabellknappen for å opne eit grafisk verktøy for å setje inn tabellar (61). Sjå meir om dette i «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» på side Feil: Fann ikkje kjelda til referansen. Linjestil Endrar stilen på linjene i dei merkte cellene. Opnar ei nedtrekksliste der du kan velja linjestil frå fleire ulike førehandsdefinerte linjestilar. Kantlinjefarge Opnar ei nedtrekksliste der du kan velja farge for kantlinjene rundt dei markerte cellene. Kantar Opnar ei nedtrekksliste der du kan velja oppsett for kantlinjene som skal brukast i dei merkte cellene. Dersom denne knappen ikkje er tilgjengeleg, kan du bruke dialogvindauget for tabellinnstillingar i staden. Kapittel 3 Legge til og formatere tekst 87

86 Områdestil/fyll Vel i nedtrekkslista korleis dei merkte cellene skal fyllast: usynleg, farge, fargeovergang, skravering og bilete. Avhengig av kva val som er sett i nedtrekkslista, vil den neste nedtrekkslista (Grå 80% på figuren) vise dei tilgjengelege fyllstilane. Sjå kapittel 6 Formatting Graphic Objects for meir om korleis du kan bruke dei ulike fyllstilane. Figur 62: Namna på knappane på tabellverktøylinja Slå saman celler Slår dei merkte cellene saman til ei celle. Også innhaldet i cellene blir slått saman. Du kan oppnå det same ved å høgreklikka og velje Celle Slå saman i menyen som kjem opp. Del celler Set markøren i den cella som skal delast og klikk på knappen Del celler. Dette vil opna dialogvindauget for å dele celler (63). Vel kor mange deler cella skal delast i og om delinga skal vere vassrett eller loddrett. Skal cella delast vassrett, kan du også merke av for I like proporsjonar for å gjere alle delene like store. Innhaldet i den delte cella blir lagt inn i originalcella, dvs. cella lengst til venstre eller øvst. Du kan også få fram dialogvindauget for å dele celler ved å høgreklikka med markøren i den cella som skal delast og velje Celle og deretter Del i menyen som kjem opp. 88 LibreOffice 4.2 Impress Guide

87 Figur 63: Dialogvindauget for deling av celler Optimer Trykk på denne knappen for å kunne velja å fordele dei merkte cellene jamt anten vassrett eller loddrett. Du kan gjere det same ved å høgreklikke på dei merkte cellene og velje Rad Fordel jamt eller Kolonne Fordel jamt frå menyen som kjem fram. Dersom du vil optimere heile tabellen, kan du høgreklikke på omrisset av tabellen og velje Rad Fordel jamt eller Kolonne Fordel jamt i menyen som kjem opp. Øvst, midten (loddrett), nedst Med desse knappane bestemmer du den loddrette justeringa av teksten i ei celle. I staden for å bruke knappane, kan du høgreklikke i dei markerte cellene og velje Celle frå menyen som kjem opp og der velje den ønskte loddrette justeringa. Skal du justere teksten i heile tabellen, kan du høgreklikke på tekstramma og velje Celle frå menyen som kjem opp og der velje den ønskte loddrette justeringa. Set inn rad, set inn kolonne Klikk på Set in rad eller Set inn kolonne for å setje inn éi rad under eller ein kolonne til høgre for den merkte cella. For å setje inn meir enn ei rad eller ein kolonne, merk så mange rader eller kolonnar som du vil setje inn før du klikkar på ein av knappane. Du kan gjere det same ved å høgreklikke i ei celle og velje Rad Set inn eller Kolonne Set inn på menyen som kjem opp. Vel i menyen som kjem opp kor mange rader eller kolonnar du vil setje inn og trykk OK. For å setje inn rader øvst i tabellen eller kolonnar lengst til vestre i tabellen, merk tabellen, og høgreklikk på tabellkanten. I menyen som kjem opp vel du kor mange rader eller kolonnr som skal setjast inn og trykker OK. Slett rad, slett kolonne Klikk i ei celle og klikk deretter på Slett rad eller Slett kolonne for å slette rada eller kolonnen som den merkte cella er i. For å slette inn meir enn ei rad eller ein kolonne, merk så mange rader eller kolonnar som du vil sletta før du klikkar på ein av knappane. Du også høgreklikke i ei celle og velje Rad Slett eller Kolonne Slett på menyen som kjem opp. Vel tabell, Vel kolonne, vel rader Desse knappane er normalt ikkje synlege på verktøylinja. For å få dei fram, høgreklikk på ein tom stad på verktøylinja og vel Synlege knappar på menyen som kjem fram. Kapittel 3 Legge til og formatere tekst 89

88 Trykk på ein av knappane for å markere heile rada eller kolonnen markøren står i, eller for å merke heile tabellen. Tabellutforming Opnar tabellutformingsfanen på oppgåvepanelet. Tabelleigenskapar Klikk på knappen Tabelleigenskapar eller høgreklikk i tabellen og vel Tabell i menyen som kjem opp for å opna dialogvindauget for celleeigenskapar (64). Dette vindauget inneheld desse fanene: Skrift blir brukt for å velje skrifttype, stil (vanleg, kursiv, halvfeilt eller halvfeit kursiv) og storleik i vestleg, asiatisk og CTL-skrift. Eksempel på resultatet av vala blir vist nedst i vindauget. Du kan også velje språk. Sjå «fana for skrifter» på side 70 for meir om dei ulike vala. Skrifteffektar blir bruk for å legge til spesielle effektar som overstreking, understreking, farge, skygge osv. til skrifta. Eksempel på resultatet av vala blir vist nedst i vindauget.. Sjå meir om dette i «Skrifteffektar» på side 71. Figur 64: Dialogvindauget for celleeigenskapar Kantlinjer blir brukt for å setje ein del eigenskapar som ikkje er tilgjengelege frå verktøylinja for tabellar. Du kan bestemme avstanden mellom teksten og kanten og stilen på kvar enkelt kantlinje. fana har i tillegg dei same innstillingane for Linjestil og Linjefarge som på verktøylinja for tabellar. 90 LibreOffice 4.2 Impress Guide

89 Det er førebels ikkje råd å definere diagonale kantlinjer i tabellar i Impress. Merk Bakgrunn: endrar bakgrunnen i dei valde cellene og har dei same funksjonane som Områdestil/fyll på verktøylinja. Plassering og storleik Impress handterer tabellar på same måten som andre grafiske objekt. Du kan såleis endre plasseringa og storleiken ved å bruke handtaka og datmusa. Treg du meir nøyaktig kontroll med plasseringa og storleiken, kan du bruke dialogvindauget Pososjon og storleik (42 på side 63). Du får fram dette vindauget ved å høgreklikke i tabellen og velje Pososjon og storleik frå menyen som kjem fram eller frå Format Pososjon og storleik på hovudmenyen eller ved å trykke på tasten F4 når tabellen er merkt. Merk Bare fana for posisjon og storleik kan brukast på tabellar. Du kan finne meir om dette dialogvindauget i kapittel 6 Formatting Graphic Objects. Slette tabellar Slik kan du slette tabellar: Klikk i lysbiletet og dra ein utvalsboks over tabellen og trykk tasten Delete. Klikk på tabellkanten for å merke tabellen og trykk tasten Delete. Bruke felt Med felt kan du setje inn tekst automatisk i lysbiletet. Du kan sjå på eit felt som ein formel der resultatet av utrekningane blir skrive inn i dokumentet kvar gong dokumentet blir lasta inn eller skrive ut. Felt er mykje brukt i malar og hovudlydbilete, slik det er forklart i kapittel 2, Bruke hpvudlysbilete, stilar og malar. Setje inn eit felt Du set eit felt inn i eit lysbilete ved å merke lysbiletet feltet skal setjast inn i og deretter velje Set inn Felt på hovudmenyen og velje eit av desse vala: Dato (fast) set inn dagens datoen i lysbiletet som eit fast felt. Datoen blir ikkje oppdatert automatisk. Dato (variabel) set inn dagens datoen i lysbiletet som eit variabelt felt. Datoen blir oppdatert automatisk kvar gong fila blir opna. Klokkeslett (fast) set inn gjeldande klokkeslett i lysbiletet som eit fast felt. Klokkeslettet blir ikkje oppdatert automatisk. Klokkeslett (variabel) set inn gjeldande klokkeslett i lysbiletet som eit variabelt felt. Klokkeslettet blir oppdatert automatisk kvar gong fila blir opna. Forfattar set inn for- og etternamnet til forfattaren av presentasjonen. Informasjonen blir henta frå opplysningane skrivne inn i brukardata for LibreOffice. Du kan endre desse opplysningane frå Verktøy Innstillingar LibreOffice Brukardata. Sidetal set inn sidenummeret for det merkte lysbiletet. Ønskjer du å setje inn sidetal i alle lysbileta, vel Vis Bakgrunn Hovudutforming for lysbilete i hovudmenyen og set inn felt for sidenummer. Tal på sider set inn talet på sider i alt. Kapittel 3 Legge til og formatere tekst 91

90 Filnamn set inn filnamet. Namnet er synleg bare etter at fila er lagra. Formatere felt Felt for dato og klokkeslett Slik formaterer du eit felt for dato og klokkeslett: 1) Høgreklikk på feltet. 2) Vel det ønskte formatet på menyen som kjem fram. Kva format som er tilgjengelege er avhengig av språkinnstillingane valde i Verktøy Innstillingar Språkinnstillingar Språk. Sidetalsfelt Formateringa av sidetalsfelta kan gjerast på to måtar: Merk sidetalsfeltet og legg til formateringa manuelt. vel Format Side på hovudmenyen og vel eit format frå lista i Utformingsinnstillingar i dialogvindauget Sideoppsett. Bruke hyperlenker Når du set inn tekst som blir oppfatta som nettsideadresser eller URL-ar, vil Impress normalt formatere denne teksten automatisk og legge til standard farge og understreking. Dersom du ønskjer ein annan utsjånad på hyperlenkene enn standardformatet, må du setje inn hyperlenka manuelt. For å forhindre at LibreOffice omformar nettadresser (URL-ar) automatisk til hyperlenker, vel Verktøy Innstillingar for autoretting Val og fjern merket framføre URL-gjenkjenning. Tips For å endre fargen på hyperlenkene, vel Verktøy Innstillingar LibreOffice Utsjånad og rull ned til du finn Ikkje besøkte lenkjer eller Besøkte lenkjer og trykk på fargeboksen for å få opp lista over fargane du kan velje mellom. Trykk på ønskt farge og deretter på OK. Merk at dette vil forandre fargen på alle hyperlenkene i alle delar av LibreOffice, noe som kanskje ikkje alltid er ønskjeleg. Setje inn hyperllenker Slik set du inn eller tilpassar utsjånaden til ei hyperlenke: 1) Vel Set inn Hyperlenkje på hovudmenyen eller bruk tastesnarvegen Ctrl + K for å opna dialogvindauget for hyperlenker (65). 2) Vel ein av dei fire hyperlenketypane på venstre side i dialogvindauget. Den øvre høgre delen av vindauget forandrar seg i høve til kva type du vel. Ein fullstendig omtale av alle vala er utanom intensjonane med dette kapitlet, men du finn ei kort gjennomgåing av dei vanlegaste vala nedanfor. 3) Lag hyperlenka ved hjelp av dialogvindauget og trykk på Bruk når du er ferdig for å setje lenka inn i lysbiletet. 4) Trykk på Lukk for å lukke vindauget. 92 LibreOffice 4.2 Impress Guide

91 Figur 65: Dialogvindauget for hyperlenke Du har desse vala for hyperlenketype: Internett vel denne om lenka skal vere for veven (web) eller for FTP. Skriv inn adressa i feltet Mål. E-post og diskusjonsgruppe vel denne om lenka skal vere til ein e-post eller ei diskusjonsgruppe. Skriv inn dei nødvendige dataane i felta Mottakar og Emne. Dokument lagar ei lenke til eit anna dokument eller ein annan stad i det gjeldande dokumentet, ofte referert til som bokmerke. Skriv inn stien i feltet Sti eller trykk på knappen Opna fil for å opna filutforskaren. La dette feltet vere tomt om du skal lenke til eit mål i den gjeldande presentasjonen. Du kan eventuelt skrive inn eit mål, for eksempel eit lysbilete, ved å trykke på knappen Måldokument for å opna eit dialogvindauge der du kan velje måldokumentet. Dersom du kjenner namnet på måldokumentet, kan du skrive det inn i feltet Mål. Nytt dokument lager ei lenke til eit nytt dokument. Vel om du skal redigere det nyoppretta dokumentet nå (Rediger no) eller bare laga det for å kunne redigera det seinare (Rediger seinare). Vel kva type dokument som skal lagast, dvs. Tekst, rekneark osv. Trykk på knappen Vel sti Merk for å opna filutforskaren slik at du kan velja mappe for dokumentet. For å navigere innføre presentasjonen, er det som oftast enklare å bruke menyen Dokumentstruktur som du finn i verktøylinja for teikning eller frå menyen som kjem fram når du høgreklikkar på eit objekt i lysbiletet. Kapittel 3 Legge til og formatere tekst 93

92 Området Fleire innstillingar i dialogvindauget er felles for alle typar hyperlenke, sjølv om ikkje alle vala er like relevante for alle. Ramme bestemmer verdiane for kvar lenka skal opnast. Dette gjeld for dokument som skal opnast i ein nettlesar. Form bestemmer om lenka skal visast som ein tekst eller som ein knapp. Sjå «Arbeide med hyperlenkeknappar» på side 94 for meir om dette. Tekst bestemmer om teksten skal vere synleg for brukaren. Namn kan leggjast til i HTML-dokument. Er teksten som blir lagt til som NAME-attributt i HTML-koden bak hyperlenka. Formatere hyperlenker Slik formaterer du hyperlenker: 1) Merk lenka ved å dra eit utval over teksten. Ikkje klikk på hyperlenka, det vil opna lenka. 2) Høgreklikk på den merkte lenka. 3) Vel formateringa i menyen som kjem fram. Arbeide med hyperlenkeknappar Ein hyperlenkeknapp blir sett inn midt i biletet. I dei fleste tilfella er ikkje dette staden du vil ha han. Slik kan du redigere teksten og storleiken på ein hyperlenkeknapp og flytta han rundt på lysbiletet: 1) Vel Vis Verktøylinjer Kontrollelement for skjema på hovudmenyen for å opna verktøylinja (66). Figur 66: Verktøylinja for skjemakontrollar 2) Klikk på knappen Utformingsmodus av/på. Dette gjer at alle knappane på verktøylinja blir aktive. 3) Merk hyperlenkeknappen du vil redigere eller flytte. 4) Dra hyperlenkeknappen dit du vil ha han, eller høgreklikk på han for å opna ein meny der du kan endra teksten på knappen, endra storleiken og andre innstillingar. 5) Når du er ferdig, klikkar du på knappen Utformingsmodus av/på igjen for å gjere knappane inaktive. Du finn ein meir omfattande omtale av korleis du kan bruke skjemautformingane i handboka for Writer. 94 LibreOffice 4.2 Impress Guide

93 Kapittel 4 Legge til og formatere bilete

94 Innleiing Bilete blir ofte brukt i presentasjonar sidan dei ofte kan formidla mykje informasjon raskare enn det skrivne ordet kan. Du kan også gjere presentasjonen meir profesjonell ved t.d. å legge til firmalogo eller liknande. Det er også råd å bruke Impress for å laga presentasjonar med bare bilete, som lysbiletvisingar frå ferien. Dette kapitlet handlar om å setje inn og formatere bilete. Setje inn bilete Denne bolken forklarer fleire måtar å setje inn bilete frå eksterne kjelder inn i presentasjonen. Når bilete er sett inn, kan det også formaterast. Setje inn bilete frå ei fil Å setje inn bilete frå ei fil er raskt og enkelt. Vel først utforminga av lysbileta som omtalt i kapittel 1, Innleiing til Impress. Dei fleste utforminane inkluderer eit symbolsett for innsetjing av objekt, men du kan setje inn bilete i kva lysbilete som helst. Måten å setje inn bilete på er den same anten du brukar Autoutforming eller set inn biletet manuelt: 1) Vel Set inn Bilete Frå fil på hovudmenyen, eller klikk på symbolet Set inn bilete (67) dersom du har sett inn eit lysbilete og dialogvindauget Set inn bilete er opna (68). 2) Finn fram til mappa som inneheld biletet og merk fila. LibreOffice kjenner igjen svært mange bilettypar. Dersom det er markert for førehandsvising, blir det vist ein miniatyr av biletet til høgre i panelet. Figur 67: Lysbilete med plasshaldarar for innsetting av objekt 96 LibreOffice 4.2 Impress Guide

95 Figur 68: Dialogvindauget for å setje inn bilete 3) Klikk Opna for å setje biletet inn i det gjeldande lysbiletet. Biletet blir sett inn i lysbiletet med handtaka viste i ramma slik at du lett kan endre biletet. Merk Plasseringa av dei to vala Lenkje og Førehandsvising blir bestemt av operativsystemet, men er til vanleg å finne nede til vestre i vindauget. Merk av for Lenkje for å setje inn biletet som ei lenke til ei fil i staden for å legge biletet inn i dokuentet. Som oftast er det best å legge biletet inn i dokumentet slik at det kan kopierast ti og visast på andre datamaskiner. I noen tilfelle kan det likevel vere fornuftig å lenke til biletet i staden, for eksempel når biletet er svært stort og å lenke til biletet i staden for å legge det inn i dokumentet vil redusere storleiken på fila monaleg. når det same biletet er brukt i mange presentasjonar, for eksempel at det same bakgrunnsbiletet blir brukt i alle presentasjonane. når den lenka fila er tilgjengeleg når presentasjonen blir lasta inn, for eksempel når presentasjonen er eit lysbiletshow med feriebilete. Setje inn eit bilete frå skannar Normalt er det svært enkelt å setje inn eit bilete frå ein skannar når eitt eller fleire av vilkåra nedanfor er oppfylte: Drivaren for skannaren er installert i datamaskinen. Skannaren blir støtta av SANE-systemet når operativsystemet er Linux eller UNIX-basert. Skannaren er TWAIN-kompatibel når operativsystemet er Windows eller Mac OS. Skannaren blei sett opp på datamaskinen med LibreOffice installert. Kapittel 4 Legge til og formatere bilete 97

96 Dei ulike fabrikata har ulike måtar å gjere dette på, skanneprosedyren nedanfor er difor bare eit eksempel på korleis ein kan setje inn eit bilete frå ein skannar. Prosedyren som blir brukt er avhengig av operativsystemet, skannartype og skannardrivaren. 1) Legg biletet inn i skannaren og sjå etter at skannaren er slått på. 2) Vel Set inn Bilete Skann Vel kjelde på hovudmenyen for å opna dialogvindauget for skannaren (69). I noen tilfelle må du deretter velje Set inn Bilete Skann Førespurnad for å opna vindauget. Dette siste valet bruker du også når du har brukt skannaren tidlegare i økta. 3) Dersom du har fleire skannarar tilkopla, vel skannaren frå Vel skannar eller Brukt utstyr. 4) Dersom tilgjengeleg, klikk Lag førehandsvising eller Førehandsvising for å sjå ein miniatyr av biletet. 5) Nå kan du også klippe til biletet eller gjere andre endringar om nødvendig eller ønskjeleg. 6) Klikk på Skann og biletet blir sett inn i lysbiletet når skanninga er ferdig. Nå kan biletet redigerast som andre bilete med alle verktøya i Impress Figur 69: Eksempel på dialogvindauge til ein skannar Setje inn bilete frå galleriet Galleriet inneheld ei samling med bilete som kan brukast i presentasjonar. Du kan også legge til dine eigne bilete i galleriet. Alt dette gjer galleriet til eit nyttig reiskap for å raskt lage presentasjonar med einsarta utsjånad. Galleriet er tilgjengeleg frå alle komponentane i LibreOffice og er nærare omtalt i Getting Started Guide Kapittel 11 Graphics, the Gallery, and Fontwork. 1) Vel Verktøy Galleri på hovudmenyen eller klikk på gallerisymbolet på verktøylinja for teikning for å opna dialogvindauget for galleriet (70). Vindauget viser alle tilgjengelege tema og alle tilgjengelege bilete for kvart tema. 2) Vel eit tema på det venstre panelet og rull deg nedover til du finn eit passande bilete. 3) Klikk på biletet og dra det over til arbeidsplassen. 98 LibreOffice 4.2 Impress Guide

97 4) Slepp opp museknappen for å legge biletet inn i lysbiletet. Om det er behov for det, kan du endra storleiken på biletet slik det er omtalt i «Endre storleik på bilete» på side 102. Figur 70: Å setje inn eit bilete frå galleri Plassering av galleriet For å utvida galleriet set du markøren over linja som skil galleriet frå arbeidsplassen. Når markøren endrar utsjånad, kan du dra skiljet oppover eller nedover. Arbeidsplassen blir tilsvarande større eller mindre. Normalt er galleriet limt inn over arbeidsplassen til Impress. For å losna galleriet, hald nede Ctrltasten og dobbeltklikk til høgre for visingsknappane i den øvre delen av galleriet. For å lime det inn igjen over arbeidsplassen, dobbeltklikk i det same området. Når galleriet er limt inn over arbeidsområdet, kan du gøyme det for å kunne arbeide på heile arbeidsplasen ved å trykke på Gøym/Vis-knappen midt på den tynne skiljelinja mellom galleriet og arbeidsplassen (innsirkla i 70). Denne knappen er grei å bruke for å hente fram galleriet når du har bruk for det og gøyme det elles. Handtere galleritema Bileta i galleriet er inndelt i tema som nummereringsteikn, diagram, miljø osv. Det venstre feltet i vindauget viser tilgjengelege tema. Klikk på eit tema for å sjå dei tilhøyrande bileta. Du kan ikkje gjere endringar som å legge til eller fjerne bilete i eit standardtema. Du kan sjå at eit tema er standrardtema dersom du høgreklikkar på det og det einaste valet du får opp er Eigenskapar. I ein standardinstallasjon av LibreOffice er dei tema du har laga sjølv dei einaste du kan tilpassa ved å legge til eller fjerna bilete. Du kan også lage dine eigne temakategoriar som du har full råderett over. Dette er forklart nedanfor. Kapittel 4 Legge til og formatere bilete 99

98 Lage nye tema Slik legg du til eit nytt tema til temalista i galleriet: 1) Opna galleriet. 2) Klikk på knappen Nytt tema over temalista for å opna dialogvindauget for å setje opp eigenskapane for det nye temaet (71). 3) Klikk på fana Generelt og skriv inn eit namn for temaet i tekstboksen. 4) Klikk på fana Filer og følgj proseduren i «Legge til bilete i eigne tema» nedanfor. 5) Klikk OK. Det nye temaet blir nå vist i temalista i galleriet. Figur 71: Lage eit nytt tema Merk Du kan gi temaet eit nytt namn ved å høgreklikke på temanamnet og velje Endra namn i sprettoppmenyen. Legge til bilete i eigne tema Du kan legge til bilete bare i tema du har laga sjølv. 1) Høgreklikk på namnet på eit tema du har laga sjølv og vel Eigenskapar frå menyen som kjem opp for å opna dialogvindauget for eigenskapane for temaet. 2) Klikk på fana Fil (72). 3) Klikk på Finn filer for å opna dialogvindauget Vel sti. 4) Leit fram mappa med bileta du ønskjer å bruke. 100 LibreOffice 4.2 Impress Guide

99 Figur 72: Dialogvindauget for eigenskapane for Eige tema filfanen 5) Klikk Vel for å velja filene i mappa. Dialogvindauget Vel sti blir lukka. Filene som er i den valde mappa blir nå viste i dialogvindauget med eigenskapane for eige tema. 6) Merk filene du vil bruke i temaet og trykk på Legg til. (Du kan merke fleire filer dersom du held nede Ctrl-tasten). Filene blir overførte til galleriet og forsvinn frå lista. 7) Ønskjer du å bruke alle filene i lista, trykk på Legg til alle. Alle filene blir overførte til galleriet og forsvinn frå lista. 8) Trykk på OK når du er ferdig for å lukke dialogvindauget. Fjerne bilete frå galleriet Du kan slette bilete bare frå Eige tema eller andre tema du har definert. 1) Opna galleriet og merk av for Eige tema eller eit anna eigendefinert tema. 2) Høgreklikk på biletet du vil slette. 3) Vel Slett frå menyen som kjem opp. 4) Det kjem opp ei melding med spørsmål om du vil dette. Klikk Ja. Merk Bileta i galleriet er lenka filer og det er bare lenka som blir sletta frå galleriet. Originalbiletet blir ikkje sletta. Kapittel 4 Legge til og formatere bilete 101

100 Oppdatere tema Alle bileta i galleriet er lenka filer. Difor kan det vere lurt å oppdatere galleriet av og til for å sjå om bileta framleis finst. 1) Opna galleriet. 2) Høgreklikk på eit tema som inneheld minst eitt bilete. 3) Vel Oppdater frå menyen som kjem fram. Formatere bilete Flytte bilete 1) Klikk på eit bilete for å merke det og få fram utvalshandtaka. 2) Flytt markøren over biletet til hn endrar utsjånad. Kva utsjånad han får er avhengig av operativsystemet, men kan for eksempel vere ei pil med fire spissar eller ei hand. 3) Klikk og dra biletet der du vil ha det. 4) Slepp opp museknappen. Treng di ei meir nøyaktig plassering av biletet, bruk dialogvindauget Posisjon og storleik som er nærare omtalt i Kapittel 6 Formatting Graphic Objects. Endre storleik på bilete 1) Klikk på biletet for å merke det og få fram utvalshandtaka. 2) Set markøren over eitt av handtaka. Markøren vil få ein utsjånad som viser retningen handtaket kan flyttast. 3) Klikk og dra for å endre storleiken på biletet. 1) Slepp museknappen når du er nøgd med resultatet. Treng di ei meir nøyaktig storleiksendring av biletet, bruk dialogvindauget Posisjon og storleik som er nærare omtalt i Kapittel 6 Formatting Graphic Objects. Merk Handtaka i hjørna vil endre både breidda og høgda på biletet medan dei fire andre handtaka flytter sida bare i ei retning. Tips For å behalda det opphavlege forholdet mellom sidene, hald nede Shift-tasten når du klikkar på eit av hjørnehandtaka og drar. Slepp opp museknappen før du slepp Shifttasten. Tips Ver merksam på at når du endrar storleiken på eit punktbilete (vanleg bilete) vil dett endre oppløysinga på biletet og kan gjere biletet meir uskarpt. Det er betre å bruke eit spesialisert bilethandteringsprogram for å endre storleiken. LibreOffice tilrår for eksempel Gimp (http://www.gimp.org/). 102 LibreOffice 4.2 Impress Guide

101 Rotere bilete På same måten som når du plasserer eit biletet i lysbiletet, kan du også rotere eit bilete manuelt eller frå eit dialogvindauge. Dialogvindauget for rotering er nærare omtalt i Kapittel 6 Formatting Graphic Objects. Slik roterer du eit bilete manuelt: 1) Merk biletet for å få fram utvalshandtaka. 2) Klikk på knappen Snu på verktøylinja for linje og fyll eller klikk ein gong til på det merkte biletet. Utvalshandtaka vil nå skifte farge (73). Kva farge som blir brukt er avhengig av operativsystemet og korleis datamaskinen er sett opp. Figur 73: Rotere bilete Merk Korleis symbola som representerer funksjonar på verktøylinjene ser ut er avhengig av operativsystemet som er i bruk og korleis datamaskinen er sett opp eller om LibreOffice er tilpassa eige bruk. Er du i tvil om kva symbolet representerer, hald markøren over symbolet til det kjem opp ei boble som viser namnet på knappen. 3) Ein sirkel, eller ein sirkel med trådkors (avhengig av datamaskinen) kjem fram i midten av biletet og indikerer omdreiingspunktet. Vil du heller rotere biletet omkring eit hjørne eller eit punkt utanom biletet, kan du flytte omdreiingspunktet ved å klikke på det og dra det til der du ønskjer å ha det. 4) Utvalshandtaka i kvart hjørne er nå roteringshandtak, noe som blir indikert ved at markøren skifter utsjånad. Klikk på eitt av handtaka og dra det i den retninga du vil rotere biletet. 5) Når rotasjonen er fullført, slepp museknappen. Tips Held du nede Shift-tasten medan du roter biletet blir rotasjonsvinkelen sett til multiplar av 15 grader. Dette kan vere nyttig når du vil rotere til rette vinklar, som for eksempel å endre biletet frå ståande til liggjande eller omvendt. Kapittel 4 Legge til og formatere bilete 103

102 Formatering ved hjelp av verktøylinja for bilete Verktøylinja for bilete kjem fram når eit bilete er merkt. Denne verktøylinja inneheld fleire verktøy for å formatere bilete. Desse verktøya blir forklarte i denne bolken. Dersom denne verktøylinja ikkje kjem fram når du merker eit bilete, kan du få ho fram frå Vis Verktøylinjer Bilete på hovudmenyen (74). Figur 74: Verktøylinja for bilete Bruke filter Biletfiltra som er tilgjengelege frå biletverktøylinja inneheld fleire ulike filter som kan brukast på det valde biletet. Den beste måten å finne ut om eit filter passar på biletet er å prøve det. I Tabell 2 nedanfor finn du eit oversyn over kva biletfileter som er tilgjengelege og verknaden av dei. Sjå handboka for Draw for meir om effektane og eksempel på bruken av dei. 1) Merk eit bilete slik at utvalshandtaka kjem fram og verktøylinja for bilete blir synleg. 2) Klikk på knappen Filter for å liste opp kva grafiske filter som er tilgjengelege. 3) Vel fileteret du vil bruke. For å sjå namnet på filteret kan du halde markøren over filterknappen til namnet kjem opp i ei rute. 4) Dersom du ikkje er nøgd med filtereffekten kan du angra innsettinga dersom du i mellomtida ikkje har gjort andre endringar ved å trykke på angreknappen på standard-verktøylinja eller velje Rediger Angra: Bilete Biletfilter på hovudmenyen eller bruke tastekombinasjonen Ctrl+Z. Tabell 2: Biletfilter og effekten deira (første knappen på verktøylinja) Ikon Namn Effekt Inverter Inverterer fargeverdiane i eit fargebilete eller lysverdien i eit gråtonebilete. Trykk på knappen ein gong til for å gå tilbake til originalverdiane Slør Gjer biletet mjukare ved å sløra det ved hjelp av eit lågpassfiletr. Gjer skarpare Skjerpar biletet ved hjelp av eit høgpassfilter. Fjern støy Fjernar støy ved hjelp av eit medianfilter. Opnar eit dialogvindauge der du kan bestemma solariseringa. Solarisering er ein effekt som minner om kva som kan skje dersom det kjem lys på eit negativ under framkallinga av filmen. Fargane blir delvis inverterte. Solarisering Parametrar bestemmer grad og type solarisering. (I versjon ingen val her). Grenseverdi bestemmer lysgraden i prosent. Pikslar over denne prosenten blir solariserte. Inverter alle pikslane blir inverterte etter solariseringa. 104 LibreOffice 4.2 Impress Guide

103 Ikon Namn Effekt Aldring Alle pikslane blir sette til gråverdiane. Den blå og den grøne kanalen blir deretter redusert med den verdien du skriv inn. Raudkanalen blir ikkje endra. Aldringsgrad bestemmer intensiteten av aldringa. Med 0 % er alle pikslane grå, med 100 % er bare raudkanalen synleg Plakateffekt Opnar eit dialogvindauge der du kan bestemme kor mange fargar som skal brukast i biletet. Dette gjer at foto vil likna meir på målarstykke. Plakatfargar bestemmer talet på fargar i biletet. Popkunst Omformar eit bilete til eit popkunstliknande bilete. Kolteikning Viser biletet som ei skisse laga med teiknekol. Omrissa blir teikna med svart medan fargane blir fjerna. Relieff Opnar eit dialogvindauge for å lage biletet om til eit relieff. Det einaste valet du har er å plassere lyskjelda for ulike skyggeverknader. Resultatet blir vist på eit miniatyrbilete. Lyskjelde bestemmer plasseringa av lyskjelda. Lyskjelda blir vist med eit punkt. Slår saman små punktgrupper til firkantar med same farge. Dess større desse gruppe er, dess færre detaljar blir vist i biletet. Mosaikk Breidd bestemmer breidda på kvar flis. Høgd bestemmer høgda på kvar flis. Framhev kantane framhever kantane på kvar flis ved å gjere dei skarpare. Endra biletmodus Klikk på Biletmodus på biletverktøylinja (der det står «Standard» på 74) for å opna nedtrekkslista med desse vala: Standard biletvisinga blir ikkje endra. Gråtonar biletet blir vist i gråtonar. Eit fargebilete blir omgjort til gråskalabilete. Du kan også bruke fargevala i fana eigenskapar i oppgåvepanelet for å gjere biletet einsfarga. Bsvart-kvitt biletet blir vist i svart og kvitt. Alle pikslar med lysverdi under 50 5 blir svarte medan alle pikslane over 50 % lysverdi blir kvite. Vassmerke lysverdien i biletet blir auka og kontrasten redusert slik at biletet kan brukast i bakgrunnen som vassmerke. Justere fargane Klikk på knappen Fargar i biletverktøylinja (74) for å opna dialogvindauget for fargeval (75). Her kan du justere fargekomponentane (raud, grøn og blå) kvar for seg. Du kan også justere kor lyst biletet skal vere, kontarsten i biletet og gamma. Ved å auke gammaverdien blir biletet betre eigna som vassmerke eller bakgrunn i og med at det ikkje vil forstyrre den mørke teksten så mykje. Kapittel 4 Legge til og formatere bilete 105

104 Figur 75: Verktøylinja for fargeval Treng du å justere fargane meir nøyaktig eller å fjerne eller legge til fargar, vel Format Område på hovudmenyen for å opna dialogvindauget for område og klikk på fana Fargar (76). Denne fana har desse vala når det gjeld fargar: Namn viser namnet på den valde fargen. Du kan også skrive inn eit namn her når du legg til ein ny farge. Farge inneheld ei liste over tilgjengelege fagar. Vel ein farge frå lista. Fargemodell for å endre fargar kan du velje å gjere dette i ein av fargemodellane Raud- Grøn-Blå (RGB) eller Cyanblå-Magentaraud-Gul-Svart (CMYK). LibreOffice bruker bare fargemodellen RGB for fargeutskrifter. Fargemodellen CMYK er tatt med for å gjere det enklare for dei som er vane med å bruke CMYK-notasjon. Dersom du vel RGB vil forbokstavane til fargane bli synlege framføre kvar sin talboks der du kan velje verdiar frå 0 til 255. Vel du CMYK kan du velje verdiar mellom 0 og 100 % i talboksane. Figur 76: Fanen Farge i dialogvindauget Område Legg til legg til ein ny farge. Endra endrar den gjeldande fargen. Merk at fargen blir overskrive utan åtvaring. 106 LibreOffice 4.2 Impress Guide

105 Rediger definer dine eigne fargar ved hjelp av eit todimensjonalt diagram og numeriske kart med fargeovergangar. Slett slettar det valde elementet eller dei valde elementa. Du blir beden om å stadfeste slettinga. Last inn fargeliste denne knappen opnar eit dialogvindauge der du kan velje ein fargepalett. Lagra fargeliste denne knappen opnar dialogvindauget Lagra som der du kan lagra den gjeldande fargetabellen med eit vald namn. Dersom du ikkje bruker dette valet, vil den gjeldande fargetabellen bli lagra automatisk og bli lasta inn som standard fargetabell neste gong du opnar LibreOffice. Førehandsvisingane viser den valde originalfargen og den nye fargen du lagar. Setje objektgjennomsikt Du kan endra gjennomsikt for eit bilete frå nedtrekkslista til høgre for knappen Gjennomsikt på biletverktøylinja (74) På same måten som ved justering av gammaverdien, vil eit gjennomsiktig bilete bli mindre synleg i bakgrunnen og såleis gjere overliggjande tekst meir synleg. For å justera innstillingane for gjennomsikt, vel Format Område på hovudmenyen for å opna dialogvindauget for område. Klikk på fana Gjennomsikt (77). Inga gjennomsikt slår av gjennomsikt. Dette er standardinnstillinga. Gjennomsikt slår på gjennomsikt. Merk av for denne og vel kor mange prosent gjennomsikt som skal brukast i talboksen. 0 % er full dekning, 100 % er full gjennomsikt. Fargeovergang legg ein gjennomsiktsovergang til den gjeldande fyllfargen. Merk av for denne og vel innstillingane for overgangen. Figur 77: Fanen Gjennomsikt i dialogvindauget Område Type vel type overgang. Du har valet mellom lineær, aksiell, radial, elliptisk, kvadratisk og kvadrat. Midtstill X vel vassrett forskyving for overgangen. Kapittel 4 Legge til og formatere bilete 107

106 Midtstill Y vel loddrett forskyving for overgangen. Vinkel vel rotasjonsvinkelen for overgangen. Kantlinje bestemmer gjennomsikt ut mot kantane av biletet. Standardverdien er 0 %. Startverdi skriv inn ein startverdi for overgangen. 0 % er full dekning, 100 % er full gjennomsikt. Sluttverdi skriv inn ein sluttverdi for overgangen. 0 % er full dekning, 100 % er full gjennomsikt. Du kan sjå resultatet av innstillingane i førehandsvisinga før du legg gjennomsiktseffekten til fyllfargen i det valde objektet. Innstillingar for skygge Klikk på knappen Skygge på biletverktøylinja (74) for å legge til skygge. Dersom det alt er lagt til ein skygge, vil eit trykk på denne knappen fjerne skyggen. Du kan bestemme ein del innstillingar for skyggen frå Format Område på hovudmenyen for å opna dialogvindauget for område. Klikk på fana Skygge (78). Bruk skygge klikk på figuren der du vil ha skyggen. Avstand skriv inn kor langt ut frå biletet skyggen skal visast. Farge vel farge på skyggen. Gjennomsikt skriv inn kor mange prosent gjennomsikt skyggen skal ha. 0 % er full dekning, 100 % er full gjennomsikt. Du kan sjå resultatet av innstillingane i førehandsvisinga før du legg skyggen til det valde objektet. Figur 78: Fanen Skygge i dialogvindauget Område Klippe bilete I Impress kan du klippe biletet på to måtar, anten ved hjelp av musa eller ved å bruke eit dialogvindauge. Det enklaste er å bruke datmusa, men dialogvindauget er meir nøyaktig.. Slik klipper du eit vald bilete med datamusa: 1) Merk biletet. 108 LibreOffice 4.2 Impress Guide

107 2) Klikk på knappen Klipp bilete klippemerke rundt biletet (79). på biletverktøylinja (74). Det kjem då opp ein del Figur 79: Klippe biletet med markøren 3) Når du set markøren over eitt av klippemerka, skifter han utsjånad. Dra merket for å klippe biletet. 4) Klikk på utsida av biletet for å gå ut av klippemodus. 5) Dersom du held nede Shift-tasten når du flytter klippemerka, vil klippinga halda på proporsjonane i biletet slik: a) For eit hjørnemerke vil dei to sidene som dannar hjørnet bli klipt proporsjonalt med biletet forankra til det motsette hjørnemerket. b) For eit sidemerke vil begge sidene bli klipte proporsjonalt med biletet forankra til det motsette sidemerket. Slik klipper du biletet ved hjelp av dialogvindauget: 1) Merk biletet. 2) Høgreklikk på biletet og vel Beskjer biletet frå menyen som kjem opp, eller vel Format Beskjer biletet på hovudmenyen for å opna dialogvindauget for beskjering (80). 3) Klipp biletet ved hjelp av innstillingane i dialogvindauget. 4) Klikk OK når du er ferdig. 5) Klipp Opphavleg storleik for å gå tilbake til original storleik Kapittel 4 Legge til og formatere bilete 109

108 Figur 80: Dialogvindauget for beskjering av biletet Vala i dialogvindauget for beskjering: Same storleiksforhold behald det opphavlege storleiksforholdet mellom sidene slik at bare storleiken på biletet blir endra. Same biletstorleik behald den opphavlege biletstorleiken slik at bare skaleringa blir endra. For å redusera skalaen, vel denne og bruk negative verdiar i skaleringsboksane. Bruk positive verdiar for å auka skaleringa. Venstre dersom det er merka av for Same biletstorleik vil ein positiv verdi her trimme den venstre kanten av biletet medan ein negativ verdi vil legge til blankteikn til venstre for biletet. Dersom Same biletstorleik er vald, vil ein positiv verdi auke den vassrette skaleringa av biletet medan ein negativ verdi vil auke den vassrette skaleringa. Høgre dersom det er merka av for Same biletstorleik vil ein positiv verdi her trimme den høgre kanten av biletet medan ein negativ verdi vil legge til blankteikn til høgre for biletet. Dersom Same biletstorleik er vald, vil ein positiv verdi auke den vassrette skaleringa av biletet medan ein negativ verdi vil auke den vassrette skaleringa. Øvst dersom det er merka av for Same biletstorleik vil ein positiv verdi her trimme den øvre kanten av biletet medan ein negativ verdi vil legge til blankteikn over biletet. Dersom Same biletstorleik er vald, vil ein positiv verdi auke den loddrette skaleringa av biletet medan ein negativ verdi vil auke den loddrette skaleringa. Nedst dersom det er merka av for Same biletstorleik vil ein positiv verdi her trimme den nedre kanten av biletet medan ein negativ verdi vil legge til blankteikn under biletet. Dersom Same biletstorleik er vald, vil ein positiv verdi auke den loddrette skaleringa av biletet medan ein negativ verdi vil auke den loddrette skaleringa. Skala endrar skaleringa av biletet. Breidd skriv inn breidda på biletet i prosent. Høgd skriv inn høgda på biletet i prosent. 110 LibreOffice 4.2 Impress Guide

109 Biletstorleik endrar storleiken på biletet. Breidd skriv inn breidda på biletet. Høgd skriv inn høgda på biletet. Opphavleg storleik set biletet tilbake til opphavleg storleik. Slette eit bilete 1) Klikk på biletet slik at utvalshandtaka er synlege. 2) Trykk Delete-tasten. Lage eit biletkart Eit biletkart definerer området i biletet som er kopla til ein URL (ei nettadresse eller filadresse). Desse områda blir kalla lenkeområde («hotspots») som tilsvarer hyperlenker i tekst. Eit klikk på eit lenkeområde vil opna den sida lenka viser til i det aktuelle programmet, for eksempel standard nettlesaren for HTML-sider, LibreOffice Writer for.odt-filer eller PDF-lesaren for PDF-filer. Du kan laga lenkeområde med mange ulike former, som rektangel, ellipse eller polygon. Det er også råd å ha fleire lenkeområde i det same biletet. Når du klikkar i lenkeområdet blir URL-en opna i eit lesarvindauge eller i ei ramme avhengig av kva du har bestemt. Det er også råd å legge til ein tekst som kjem opp når musepeikaren er over området. Figur 81: Dialogvindauget for å laga lenkeområde i biletkart Kapittel 4 Legge til og formatere bilete 111

110 Slik bruker du verktøyet for biletkart for å lage eller redigerer eit lenkeområde: 1) Merk biletet som skal ha lenkeområde. 2) Vel Rediger Biletkart på hovudmenyen for å opna dialogvindauget for biletkart (81). Hovuddelen av dette vindauget viser biletet som skal ha lenkeområde. 3) Aktive lenkeområde er viste med ein farga kant, medan ikkje aktive område er merka med ein svart eller grå kant. 4) Bruk verktøya øvst i vindauget og felta for å definere lenkeområda og lenkene dei skal ha. 5) Klikk på knappen Bruk for å legge til innstillingane. 6) Når du er ferdig, trykk på knappen Lagra vindauget. for å lagra biletetkartet til ei fil. Lukk Den øvre delen av dialogvindauget viser desse verktøya, frå venstre mot høgre: Knappen Bruk klikk på denne for å ta i bruk endringane. Knappane Opna, Lagra og Vel. Knappane Rektangel, Ellipse, Mangekant og Frihandsmangekant teikneverktøy for å laga lenkeområda. Desse verkar på same måten som dei tilsvarande verktøya i verktøylinja for teikning (sjå Kapittel 5 Managing Graphic Objects). Knappane Rediger punkt, Flytt punkt, Set inn punkt og Slett punkt blir brukte for å fininnstille utsjånaden på lenkeområdet. Vel Rediger punkt for å aktivere dei andre verktøya. Knappen Aktiv slår av og på status for eit lenkeområde. Eit aktivt område blir slått av og eit ikkje aktivt område blir slått på når du trykker på denne knappen. Knappane Angra og Gjer om. Knappen Makro koplar lenkeområdet til ein makro i staden for ei hyperlenke. Knappen Eigenskapar set eigenskapane for hyperlenka og legg til namn til hyperlenka. Under verktøylinja er det felt som blir brukte for å skrive inn eigenskapane for lenkeområdet: Addresse adressa som peikar til ei hyperlenke. Du kan også peike lenka til eit ankerpunkt i eit dokument, som for eksempel eit bestemt lysbiletenummer. Dette gjer du ved å skrive adressa i dette formatet: fil:///<sti>/dokument_namn#anker_namn Tekst her skriv du in teksten som kjem opp når du held musepeikaren over lenkeområdet. Ramme der målet for hyperlenka skal opnast: «_blank» (opnar i eit nytt vindauge i nettlesaren), «_self» (standar. Opnar i det aktive vindauge i nettlesaren), «_top» eller «_parent». Tips Verdien «_self» passar i dei aller fleste tilfella. Dei andre vala bør helst ikkje brukast unntatt når det er heilt nødvendig. 112 LibreOffice 4.2 Impress Guide

111 Kapittel 5 Arbeide med grafiske objekt

112 Innleiing Dette kapitlet forklarer korleis du kan arbeide med grafiske objekt (biletobjekt), spesielt korleis du kan rotere, forvreng dei og korleis setje dei opp og plassere dei på lysbiletet. Sjølv om kapitlet legg mest vekt på figurar som kan lagast med dei tilgjengelege verktøya i Impress, vil mange av teknikkane omtalte i kapitlet kunna brukast på bilete importert til lysbiletet. Verktøylinja for teikning Standard teikneverktøy Verktøylinja for teikning (82) inneheld dei fleste av verktøya som blir mest brukte for å laga grafiske objekt. Dersom denne verktøylinja ikkje er synleg, kan du få ho fram ved å velje Vis Verktøylinjer Teikning frå hovudmenyen. Tabell 3 viser standardsettet av verktøy som er tilgjengeleg på verktøylinja for teikning. For å teikna ein figur vel du det ønskte verktøyet frå verktøylinja (eller frå undermenyen som kjem fram når du klikker på den vesle trekanten til høgre for verktøyet). Set deretter markøren over lysbiletet og dra ut eit rektangel som omsluttar figuren. Held du samstundes nede Shift-tasten vil du få ein figur der breidd og høgd er den same. Held du nede Alt-tasten medan du lagar figuren vil teikninga byrje frå midten av figuren. Figur 82: Verktøylinja for teikning Note Verktøylinja du ser på skjermen kan avvike frå den du ser på 82 fordi kva verktøy som er synlege er avhengig av kva verktøy som er lagt inn der. Høgreklikk på ein tom plass på verktøylinja og vel Synlege knappar på menyen som kjem fram. Du kan nå legge til eller fjerna knappar frå vertøylinja ved å klike på dei i lista over tilgjengelege knappar. Knappane som er synlege har ein kant rundt seg. Tabell 3: Standardsettet med teikneverktøy på verktøylinja for teikning Verktøy Namn Bruk Vel Blir brukt for å merke objekt. Du merker ei gruppe av objekt ved å klikke over objektet øvst til venstre og dra musepeikaren forbi objektet nedst til høgre medan du held nede museknappen. Eit rektangel med «marsjerande maur» viser kva område som er markert. Du kan også velje fleire objekt ved å halde nede Shift-tasten medan du markerer kvart objekt. Linje Teiknar ei rett linje frå der du trykker ned museknappen til der du slepp opp knappen. Held du nede Shift-tasten vil vinkelen bli avgrensa til multiplar av 45. Hald nede Alt-tasten for å teikna ei linje ut frå sentrum. Hald nede Ctrl-tasten for å losna linja frå rutenettet (sjå «Feste objekt til rutenett eller festelinjer» på side 131). 114 LibreOffice 4.2 Impress Guide

113 Verktøy Namn Bruk Linje som sluttar med pil Teiknar ei rett linje som sluttar med ein pilspiss der du slepp opp museknappen. Tastane Shift, Alt og Ctrl har same verknadane som for Linjeverktøyet. Rektangel Teiknar eit rektangel når du drar musepeikaren frå det øvre, venstre hjørnet til det nedre, høgre hjørnet av rektangelet. Hald nede Shifttasten for å teikna eit kvadrat. Hald nede Alt-tasten for å teikna eit rektangel eller eit kvadrat ut frå midten. Ellipse Teiknar ein ellipse. Hald nede Shift-tasten for å teikna ein sirkel. Hald nede Alt-tasten for å teikna ein ellipse eller ein sirkel frå midten Tekst Lager ein tekstboks med teksten justert vassrett. Loddrett tekst Lager ein tekstboks med teksten justert loddrett. Dette verktøyet er bare tilgjengeleg når støtte for asiatiske språk er slått på i Verktøy Innstillingar Språkinnstillingar Språk. Kurve Teiknar ein figur der utsjånaden er avhengig av innstillingane som er valde. Korleis knappen ser ut, er også avhengig av dei valde innstillingane. Klikk på trekanten til høgre for knappen for å sjå vala du har. Merk at når verktøylinja er frittståande, er namnet Linjer. Sambandslinjer Teiknar ei sambandslinje mellom to figurar. Utsjånaden på knappen er avhengig av kva funksjon som er vald. Klikk på trekanten til høgre for knappen for å få fram alle vala. Kvar av vala er omtalte i «Arbeide med sambandslinjer» på side 134. Linjer og piler Teiknar ei linje som blir avslutta med ei pil. Utsjånaden på knappen er avhengig av kva funksjon som er vald. Klikk på trekanten til høgre for knappen for å få fram alle vala. Merk at når verktøylinja er frittståande, er namnet Piler. Kapittel 5 Arbeide med grafiske objekt 115

114 Verktøy Namn Bruk Enkle former Klikk på trekanten til høgre for knappen for å få fram alle vala. Utsjånaden på knappen er avhengig av kva funksjon som er vald. Symbolformer Klikk på trekanten til høgre for knappen for å få fram alle vala. Utsjånaden på knappen er avhengig av kva funksjon som er vald. Blokkpiler Klikk på trekanten til høgre for knappen for å få fram alle vala. Utsjånaden på knappen er avhengig av kva funksjon som er vald. Flytdiagram Klikk på trekanten til høgre for knappen for å få fram alle vala. Utsjånaden på knappen er avhengig av kva funksjon som er vald. Snakkebobler Klikk på trekanten til høgre for knappen for å få fram alle vala. Utsjånaden på knappen er avhengig av kva funksjon som er vald. Stjerner og banner Klikk på trekanten til høgre for knappen for å få fram alle vala. Utsjånaden på knappen er avhengig av kva funksjon som er vald. 116 LibreOffice 4.2 Impress Guide

115 Verktøy Namn Bruk Punkt Lar deg redigere enkeltpunkt i ei linje eller ei form. Klikk første denne knappen og vel deretter ei linje eller ei form. Du kan også trykke F8 for å slå på dette verktøyet. Festepunkt Lar deg redigere festepunkta i eit biletobjekt. Festepunkta er staden der sambandslinjene byrjar eller sluttar. Sjå meir om dette i «Handtere festepunkt» på side 136. Skriftformingsgalleri Opnar skriftformingsgalleriet. Sjå meir om dette i «Bruke skriftutforming (Fontwork)» på side 141. Frå fil Det same som Set inn Bilete Frå fil på hovudmenyen. Sjå Kapittel 4 Adding and Formatting Pictures for meir om dette. Galleri Opnar galleriet. Det same som Verktøy Galleri på hovudmenyen. Sjå Kapittel 4 Adding and Formatting Pictures for meir om dette. Utdriving på/av Slår av og på 3D-effekatne for det valde objektet. Eit klikk på denne knappen opnar også verktøylinja for 3D. Sjå «Arbeide med 3D objekt» på side 137 for meir om dette. Ekstra teikneverktøy I tillegg til standardverktøyet på verktøylinja for teikning (82) kan du også setje inn ein del ekstra verktøy. Desse er omtalete i Tabell 4. Slik set du inn eller fjernar verktøy frå verktøylinja for teikning: 1) Høgreklikk på ein tom plass på verktøylinja. 2) Vel Synlege knapper frå menyen som kjem opp for å opna ei liste over alle dei tilgjengelege verktøya. 1) For å legge til eit verktøy, klikk på det. Verktøyet blir lagt inn i verktøylinja og lista over tilgjengelege verktøy forsvinn igjen. Verktøy som finst på verktøylinja er i lista merkte med ei ramme rundt. Slik fjernar du itilleggsverktøy frå verktøylinja for teikning: 1) Høgreklikk på ein tom plass på verktøylinja. 1) Vel Synlege knapper frå menyen som kjem opp for å opna ei liste over alle dei tilgjengelege verktøya. 2) For å fjerna eit verktøy frå verktøylinja gjer du på same måten. Når du klikkar, forsvinn ramma rundt verktøyet i lista for å vise at det er fjerna frå verktøylinja. Lista over verktøya forsvinn straks du trykker på eit verktøy. Kapittel 5 Arbeide med grafiske objekt 117

116 Tabell 4: Ekstra teikneverktøy Verk tøy Namn Bruk 3D-objekt Klikk på trekanten til høgre for knappen for å få fram alle vala. Utsjånaden på knappen er avhengig av kva funksjon som er vald. Klikk på ei av 3Dformene slik at ho blir markert. Nå kan du teikna forma ved å setje markøren i lysbiletet og dra ut rektangelet som omsluttar forma. Hald nede Shift-tasten for å lage ei form som har same høgde og breidde. Hald nede Alt-tasten for å teikna ut frå midten. Til kurve Omformar det valde objektet til ei bézierkurve. Til mangekant Omformar det valde objektet til ein mangekant, dvs. Eit lukka objekt binde saman med rette linjer. Utsjånaden på objektet blir ikkje forandra, Om ønskjeleg kan du høgreklikke og velje Rediger punkt for å sjå endringane.anges. Til 3D Omformar det valde 2D-objektet til et 3D-objekt. Til 3D dreieobjekt Omformar det valde 2D-objektet til et 3D-dreieobjekt. Set inn Blir brukt for å setje eit lysbilete, ein tabell, frå fil, film og bilete, formel eller kart inn i lysbiletet. Klikk på trekanten til høgre for knappen for å opna verktøylinja Set inn som viser dei tilgjengelege vala. Utsjånaden på knappen er avhengig av kva funksjon som er vald. Kontrollelement Blir brukt for å setje ulike skjemaelement inn i presentasjonen. Klikk på trekanten til høgre for knappen for å opna verktøylinja Kontrollelement som viser dei tilgjengelege vala. Animerte bilete Legg til animasjon til det valde objektet i eit lysbilete. Opnar dialogvindauget Animasjon. Laga linjer og former Måten å laga former og linjer er i utgangspunktet den same for alle linjer og former: 118 LibreOffice 4.2 Impress Guide

117 1) Klikk på trekanten til høgre for det verktøyet du vil bruke på verktøylinja for teikning. Merk at verktøya som blir viste på denne verktøylinja er dei som sist blei brukt. 2) Sett markøren på lysbiletet og dra for å laga den ønskte figuren. 1) Slepp opp museknappen når linja eller forma er ferdig. Korleis du kan endra og flytta figuren er omtalt seinare i dette kapitlet. Enkle former Når du lagar former som er inkluderte i Impress, blir detav og til vist eitt eller fleire punkt i ein annan farge enn utvalshandtaka har. Desse punkta har ulike oppgåver alt etter kva form dei blir brukte i. Oppgåvene er lista nedanfor. Enkle former Avrunda rektangel og abrunda kvadrat bruk dette punktet for å endre radius for abrundinga. Sirkelsektor bruk punkta for å endra storleiken på sektoren. Likebeint trekant bruk punktet for å endra forma og typen trekant. Trapes, parallelogram, sekskant og åttekant bruk punktet for å endra vinklane. Kross bruk punktet for å endra breidda på dei fire armane til krossen. Ring bruk punktet for å endra den indre diameteren i ringen. Boge bruk punktet for å endra den indre diameteren og storleiken på det fylte området. Sylinder og kube bruk punktet for å endra perspektiv. Bretta hjørne bruk punktet for å endra storleiken på det bretta hjørnet. Ramme bruk punktet for å endra breidda på ramma. Symbolformer Smilefjes bruk punktet for å endra smilet. Sol, måne ogd hjarte bruk punktet for å endra forma. Forbodsskilt bruk punktet for å endra breidda på ringen og diagonallinja. Dobbel hakeparentes, venstre hakeparentes, høgre hakeparentes og dobbel krøllparentes bruk punktet for å endra kurvaturen for parentesen. Venstre krøllparentes og høgre krøllparentes bruk punktet for å endra kurvaturen til parentesen og plasseringa av spissen. Utståande firkant, utståande åttekant, utståande rombe bruk punktet for å endra breidda på skråkanten. Blokkpiler Venstrepil, høgrepil, pil opp, pil ned, høgre- og venstrepil, opp- og nedpil, høgrepil med striper og høgrepil med splitt bruk punktet for å endra form og breidde på pilene. Opp- og høgrepil, opp- høgre- og nedpil og 4-vegspil bruk punktet for å endra forma og breidda på pilene. fem-kant og vinkel bruk punktet for å endra vinkelen mellom sidene og forma Boks med pil til høgre, boks med pil til venstre, boks med pil opp, boks med pil ned, boks med piler til høgre og venstre, boks med piler opp og ned, boks med piler opp og til høgre og boks med piler til alle kantar bruk punkta for å endra utsjånad og breidde på boksane. Bogepil bruk punkta for å endra breidda og området for pila. Snakkebobler Punkta forandrar lengd, plassering og vinkel på peikaren for alle snakkeboblene. Kapittel 5 Arbeide med grafiske objekt 119

118 Stjerner 4-, 8- og 24-takka stjerner bruk punktet for å endra breidda og utforminga av strålane. Liggjabde og ståande pergamentrull bruk punktet for å endra breidda og forma på rullen. Dørskilt bruk punktet for å endra bogen i hjørna.. Kurver, mangekantar og frihandslinjer Figur 83: Verktøylinja for linjer (kurver) og forklaring til symbola Klikk på knappen Kurve på verktøylinja for teikning for å teikna ei kurve, ein mangekant eller ei linje på frihand. Merk at det verktøyet som sist var i bruk blir vist på verktøylinja. For å bruke eit anna verktøy, klikk på trekanten til høgre for knappen for å opna liste over alle dei tilgjengelege verktøya (83). Merk også at namnet på denne verktøysamlinga er Linjer når ho er løyst frå verktøylinja. Når ei fylt kurve, ein mangekant eller frihandslinje er brukt, vil Impress teikne sambandslinja mellom det første og det siste punktet i teikninga og fylle området innføre med den gjeldande fargen. Kurver 1) 2) 3) 4) 5) 6) Vel anten Kurve, fylt eller Kurve. Klikk og hald nede musepeikaren for å laga startpunktet for kurven. Medan du framleis held nede museknappen, dra frå startpunktet for å teikne ei linje. Slepp museknappen og hald fram med å flytte markøren for å bøye linja til ei kurve. Klikk for å setje sluttpunktet for kurven og å feste linja til sida. Du kan teikne vidare ved å dra musepeikaren dit du ønskjer. Kvart museklikk vil setje eit sluttpunkt for den rette linja slik at du kan dra ei ny, rett linje i ein annan retning. 1) Dobbeltklik for å slutte av teikninga. Merk Held du nede Shift-tasten medan du teiknar, blir vinklane avgrensa til å vere 45 eller LibreOffice 4.2 Impress Guide

119 Mangekantar 1) Vel anten Mangekant, fylt eller Mangekant. 2) Klikk og kald nede museknappen medan du drar den første linja frå startpunktet. Når du slepp opp museknappen, vil det bli teikna ei linje mellom det første og det andre punktet. 3) Flytt markøren for å teikna den neste linja. Kvar gong du klikkar blir det sett av eit hjørnepunkt og du kan teikne ei ny linje i ein annan vinkel. 1) Dobbeltklikk for å slutte av teikninga. Mangekant 45 Vel anten Mangekant (45 ) fylt eller Mangekant (45 ). Desse mangekantane blir teikna på same måten som mangekantane ovanfor. Skilnaden er at vinklane er avgrensa til å vere 45 eller 90. Frihandslinjer Frihandslinjer simulerer teikning med blyant på papir. 1) Vel anten Frihandslinje, fylt eller Frihandslinje. 2) Klikk og kald nede museknappen medan du drar markøren for å lage ei linje. 3) Når du er ferdig, slepp museknappen og teikninga blir gjort ferdig. Gruppere objekt Det kan ofte vere fornuftig å gruppere objekt slik at dei blir handtert av Impress som eitt objekt. Ei objektgruppe kan formaterast, flyttast, roterast, slettast osv. som eitt enkelt objekt Denne bolken gir bare ei enkel innføring i å gruppere objekt. Vil du lære meir om korleis du kan arbeide med grupperte objekt, sjå Handboka for Draw, Kapittel 5 Combining Multiple Objects. Gruppering Slik grupperer du objekt: 1) Merk objekta som skal grupperast med utvalsverktøyet på verktøylinja for teikning og teikna eit rektangel rundt objekta, eller hald nede Shift-tasten og klikk på kvart objekt. For å velje alle objekta, vel Rediger Merk alt på hovudmenyen eller med tastesnarvegen Ctrl + A. 1) Når du ser utvalshandtaka, vel Format Grupper Grupper på hovudmenyen, eller bruk tastesnarvegen Ctrl + Shift + G eller høgreklikk på eit objekt inne i gruppa og vel Grupper på menyen som kjem opp. Redigere og formatere grupper Slik redigerer og formatgerer du grupper: 1) Klikk på eit objekt i gruppa for å merke gruppa. All redigering og formatering blir då gjort samstundes på alle objekta i gruppa. 2) Slik redigerer du eit enkelt objekt i gruppa: a) Etter at gruppa er merkt, trykk F3 eller vel Format Grupper Gå inn i gruppe på hovudmenyen eller høgreklikk og vel Gå inn i gruppa frå menyen som kjem opp. b) Merk einskildobjekta i grupperinga som skal formaterast eller redigerast. c) Når du er ferdig, bruk tastekombinasjonen Ctrl+F3 eller vel Format Gruppering Gå ut av gruppe på hovudmenyen for å arbeide på heile gruppa igjen. Kapittel 5 Arbeide med grafiske objekt 121

120 Løyse opp grupper To ungroup objects: 1) Klikk på eit objekt i gruppa for å merke gruppa. 1) Når du ser utvalshandtaka, vel Format Grupper Løys opp gruppe på hovudmenyen, eller bruk tastesnarvegen Ctrl + Alt + Shift + G eller høgreklikk på eit objekt inne i gruppa og vel Løys opp gruppe på menyen som kjem opp. Tips Dersom du bruker gruppering og løys opp gruppering svært ofte, kan det vere ein ide å legge kommandoane fast inn i ei av verktøylinjene. Dette kan du gjere ved å tilpasse den ønskte verktøylinja. Sjå Kapittel 11 Setting Up and Customizing Impress. Plassere grafiske objekt Bruke musa Slik plasserer du grafiske objekt ved hjelp av datamusa: 1) Klikk på eit grafisk objekt eller ei objektgruppe for å få fram utvalshandtaka. 2) Hald markøren over eit merkt grafisk objekt til han endrar utsjånad. På dei fleste operativsystema er flyttesymbolet anten ei hand eller ei pil med fire spissar. 3) Klikk og dra grafikkobjektet dit du vil ha det. Du kan også bruke piltastane for å flytte det merkte objektet eller den merkte gruppa. 4) Slepp museknappen. Tip Impress vil som standard feste objekt til rutenettet. Har du behov for å feste objektet utanom festepunkta på rutenettet, held du nede Ctrl-tasten medan du flytter objektet. Du kan også slå av denne funksjonen ved å gå inn på Verktøy Innstillingar LibreOffice Impress Rutenett og fjerne markeringa framføre Fest til rutenett. Bruke dialogvindauget for posisjon og storleik Treng du å plassera biletobjektet meir nøyaktig, kan du bruke dialogvindauget «posisjon og storleik» (84): 1) Merk objektet slik at utvalshandtaka er synlege og trykk F4 eller vel Format Posisjon og storleik på hovudmenyen eller høgreklikk på det merkte objeket og vel Posisjon og storleik frå menyen som kjem opp. 2) Klikk på fana Posisjon og storleik. 122 LibreOffice 4.2 Impress Guide

121 Figur 84: Dialogvindauget for posisjon og storleik 3) Bruk Plassering for å bestemma x-posisjon (vassrett) og y-posisjon (loddrett) for objektet. Verdien er avstanden frå basispunktet vald på høgresida av dialogvindauget. Som standard er basispunktet sett til øvre, venstre hjørne i lysbiletet. 4) For å hindra at objektet blir flytt ved eit uhell, merker du av for Plassering under Vern. 5) Trykk OK når du er ferdig for å lukke vindauget. Merk Måleeininga som er brukt i denne og andre dialigvindauge blir bestemt i Verktøy Innstillingar LibreOffice Impress Generelt. Bruke oppgåvepanelet Du kan også bruke avsnittet Posisjon og storleik i oppgåvepanelet for å plassere teikneobjektet. Merk teikneobjektet og trykk på Eigenskapar i oppgåvepanelet og klikk deretter på plussteiknet (+) etter teksten Posisjon og storleik for å opna avsnittet Posisjon og storleik (85). Skriv inn dei ønskte verdiane i innskrivingsboksane Vassrett og Loddrett. Verdiane er avstanden frå det øvre, venstre hjørnet av biletobjektet til referansepunktet. Som standard er referansepunktet sett til det øvre, venstre hjørnet av lysbiletet. Kapittel 5 Arbeide med grafiske objekt 123

122 Merk Klikk på Fleire val i avsnittet Posisjon og storleik i oppgåvepanelet for å opne dialogvindauget for posisjon og storleik. Figur 85: Oppgåvepanelet Posisjon og storleik Endra storleik på teikneobjekt Bruke mus Slik endrar du storleiken på eit teikneobjekt ved hjelp av datamusa: 1) Klikk på eit grafisk objekt eller ei objektgruppe for å få fram utvalshandtaka. 2) Hald markøren over eit av utvalshandtaka. Markøren endrar utsjånad til eit symbol som viser retninga for storleiksendringa. Handtaka i hjørna endrar både lengd og høgd samstundes medan dei andre fire handtaka endrar bare ein dimensjon om gongen. 3) Klikk og dra for å endra storleiken på teikneobjektet. 4) Slepp museknappen for å fullføre endringa. Tips Hald nede Shift-tasten medan du klikkar på eit av hjørnehandtaka for å behalda sideforholdet. Slepp opp museknappen før du slepp opp Shift-tasten. Bruke oppgåvepanelet Treng du ei meir nøyaktig storleiksendring kan du bruke dialogvindauget for plassering og storleik (84): 1) Merk objektet slik at utvalshandtaka er synlege. Trykk F4 eller vel Format Posisjon og storleik på hovudmenyen eller høgreklikk på det merkte objektet og vel Posisjon og storleik på sprettopmenyen. 124 LibreOffice 4.2 Impress Guide

123 2) Klikk på fana Posisjon og storleik. 3) Vel det basispunktet som representerer den delen av objektet som du vil forankre til sida. Vel du standardinnstillinga, som er det øvre, venstre hjørnet, vil posisjonen til dette hjørnet ikkje endre seg. 4) Du kan nå endra anten Breidd eller Høgd i området Storleik. 5) Vil du behalda same storleiksforholdet mellom sidene, merker du av for Same storleiksforhold før du endrar verdiane. Dette gjer at om du endrar ein av dimensjonane vil den andre dimensjonen bli endra automatisk slik at forholdet mellom sidene blir det same som før. 6) For å hindra at objektet blir flytt ved eit uhell, merker du av for Plassering under Vern. 7) Klikk OK når du er ferdig for å lukke vindauget.. Bruke oppgåvepanelet Du kan også bruke avsnittet Posisjon og storleik i oppgåvepanelet for å endra storleiken på teikneobjektet. Merk teikneobjektet og trykk på Eigenskapar i oppgåvepanelet og klikk deretter på plussteiknet (+) etter teksten Posisjon og storleik for å opna avsnittet Posisjon og storleik (85). Skriv inn dei ønskte verdiane i innskrivingsboksane Breidd og Høgd. Merk av for Same storleiksforhold om du ønskjer at forholdet mellom sidene skal vere uendra. Merk Klikk på Fleire val i avsnittet Posisjon og storleik i oppgåvepanelet for å opne dialogvindauget for posisjon og storleik. Bruke spesialeffektar I tillegg til å flytte og endre storleik på objektet, er det også ein del spesialeffektar tilgjengelege til bruk på biletobjekt i Impress. Fleire av desse effektane er lett tilgjengelege på verktøylinja Bileteffektar (86). Dersom denne verktøylinja ikkje er synleg, kan du hente ho fram frå Vis Verktøylinjer Bileteffektar. Denne bolken handlar om korleis du kan rotere, spegelvende, forvrenge og setje eit objekt inn i ein sirkel på to ulike måtar. Verktøya for gjennomsikt og fargeovergangar har meir med formatering å gjere og er nærare omtalte i Kapittel 6 Formatting Graphic Objects. Figur 86: Verktøylinja bileteffektar og forklaring på vala på denne Kapittel 5 Arbeide med grafiske objekt 125

124 Rotere biletobjekt Eit objekt kan roterast ved hjelp av datamusa, ved hjelp av eit tilpassa dialogvindauge eller frå oppgåvepanelet. Dette tilsvarer å endre posisjon og storleik for eit objekt. Bruke mus Slik roterer du eit objekt ved hjelp av datamusa: 1) Klikk på eit biletobjekt slik at utvalshandtaka er synlege. 2) Klikk på knappen Roter (Snu i noen utgåver av LibreOffice) på verktøylinja Linje og fyll eller Bileteffektar, eller klikk ein gong til på biletobjektet. Dei kvadratiske utvalshandtaka skifter for og farge (87). Det kjem også fram eit omdreiingspunkt som viser midten av rotasjonen i objektet. 3) Set markøren over eitt av hjørnehandtaka. Markøren endrar utsjånad. 4) Klikk og dra i den retninga rotasjonen skal gå føre seg. Bare hjørnehandtaka kan brukast for å rotere objektet. 5) Slepp museknappen når biletet er slik du vil ha det. 6) Du kan klikke og dra rotasjonssenteret dit du ønskjer før du snur biletet. Senteret kan plasserast kvar som helst på lysbiletet, endåtil utanom rammene. 7) Hald nede Shift-tasten for å halde roteringa innføre multiplar av 15 grader. Dette kan vere nyttig for eksempel når du skal rotere eit bilete frå ståande til liggjande eller omvendt. Hugs å sleppe opp Shift-tasten før du slepp museknappen. Merk Utsjånaden på funksjonsknappane er avhengig av operativsystemet og om LibreOffice er tilpassa til personleg smak. Er du i tvil om funksjonen, hald musepeikaren over knappen til namnet på knappen kjem fram. Figur 87: Objekt merkt for å roterast Bruke dialogvindauget for posisjon og storleik I staden for å rotere eit biletobjekt manuelt, kan du rotere det meir nøyaktig ved hjelp av fana Rotering i dialogvindauget Posisjon og storleik (88): 1) Når objektet er merkt slik at utvalshandtaka er synlege, trykk F4 eller vel Format Posisjon og storleik eller høgreklikk på objektet og vel Posisjon og storleik på sprettoppmenyen. 2) Klikk på fana Rotering. 126 LibreOffice 4.2 Impress Guide

125 Figur 88: Fanen Rotering i dialogvindai\uget Posisjon og storleik 3) I området Pivotounkt vel du plasseringa av omdreiingspunktet. Som standard er dette sett til midten av objektet. 4) I Rotasjonsvinkel skriv du inn kor mange grader objektet skal roterast. Du kan også dra vinkelindikatoren under Standardinnstillingane til ønskt vinkel. 5) Du kan også klikke på rotasjonsvinkelindikatoren i standardinnstillingane og dra denne til ein ny vinkel. Vinkelen blir vist i tekstboksen Vinkel. 6) Trykk på OK når du er ferdig for å lukke vindauget. Bruke oppgåvepanelet Du kan også bruke avsnittet Posisjon og storleik i oppgåvepanelet for å endra storleiken på teikneobjektet. Merk teikneobjektet og trykk på Eigenskapar i oppgåvepanelet og klikk deretter på plussteiknet (+) etter teksten Posisjon og storleik for å opna avsnittet Posisjon og storleik (85). Klikk anten på indikatoren for rotasjonsvinkelen i feltet Rotasjon og dra til den nye vinkelen eller skriv inn roteringsvinkelen i tekstboksen Rotasjon eller vel ein vinkel frå nedtrekksboksen. Merk Klikk på Fleire val i avsnittet Posisjon og storleik i oppgåvepanelet for å opne dialogvindauget for posisjon og storleik. Kapittel 5 Arbeide med grafiske objekt 127

126 Spegelvende objekt Bruke oppsprettmenyen Den raskaste måten å spegelvende eit objekt vassrett eller loddrett er å gjere slik: 1) Klikk på objektet slik at utvalshandtaka er synlege. 2) Høgreklikk og vel Spegelvend Vassrett eller Spegelvend Loddrett frå menyen som kjem fram. Objektet blir nå spegelvendt. Bruke spegelvendingsverktøyet Ved å bruke spegelvendingsverktøyet på verktøylinja for teikning eller verktøylinja for bileteffektar kan du også endre vinkelen på speglelinja (89). 1) Klikk på objektet slik at utvalshandtaka er synlege. 2) Klikk på knappen Spegelvend på verktøylinja for teikning eller verktøylinja for bileteffektar. Aksen for spegelvendinga kjem nå fram som ei streka linje gjennom midten av objektet. Objektet blir spegelvendt om denne symmetriaksten. 3) Klikk og dra aksen dit du vil ha han, eller set markøren i ein av endesirklane på aksen og dra han med musa til ønskt vinkel. 4) Hald markøren over eitt av utvalshandtaka på objektet til han endrar utsjånad. 5) Klikk og dra markøren over aksen for å spegelvende objektet. Den nye plasseringa av objektet blir vist avskygga. 6) Slepp museknappen og objektet blir spegelvendt. Vinkelen og plasseringa er avhengig av vinkelen på symmetriaksen. Figur 89: Bruk av verktøyet for spegelvending Merk Dersom du held nede Shift-tasten medan du flytter symmetriaksen, vil han rotere i vinklar med 45 graders steg Bruke oppgåvepanelet Du kan også bruke avsnittet Posisjon og storleik i oppgåvepanelet for å endra storleiken på teikneobjektet. Merk teikneobjektet og trykk på Eigenskapar i oppgåvepanelet og klikk deretter på plussteiknet (+) etter teksten Posisjon og storleik for å opna avsnittet Posisjon og storleik (85). 128 LibreOffice 4.2 Impress Guide

127 Klikk på knappen Spegelvend loddrett eller knappen Spegelvend vassrett Rotasjon for å spegelvende det valde objektet i ønskt retning. Merk i området Klikk på Fleire val i avsnittet Posisjon og storleik i oppgåvepanelet for å opne dialogvindauget for posisjon og storleik. Lage spegelbilete Det er ingen funksjon for å lage spegelbilete i Impress. Det er likevel råd å få til eit spegelbilete ved å spegelvende eit objekt 1) Merk objektet du skal lage spegelbilete av og kopier det til utklippstavla. 2) Spegelvend objektet med ein av metodane nemnde i «Spegelvende objekt» og flytt det spegelvende objektet til ei av sidene. 3) Klikk på eit tomt område i lysbiletet for å fjerne merkinga av objektet. 4) Lim kopien frå utklippstavla inn i lysbiletet. 5) Vel begge bileta og høgreklikk og vel Justering frå menyen som kjem opp. 1) Vel kva type justering du vil bruke. Øvst, Midt på eller Nedst dersom du skal laga ei vassrett spegling og Venstre, Midtstilt eller Høgre for eit loddrett spegelbilete. Forvrenge bilete I verktøylinja for bileteffektar er det tre verktøy (86 på side 125) som du kan bruke for å dra ut hjørne og kantar til objektet for å forvrenge biletet. Knappen Forvreng forvrenger biletet i perspektiv, knappane Set i sirkel (skråstilt) og Set i sirkel (perspektiv) lagar ein pseudo tredimensjonal effekt. For å bruke desse verktøya må objektet først omformast til ei kurve, noe Impress gjer automatisk etter spørsmål om du vil dette. Forvrengingsverktøyet 1) Merk eit objekt og trykk på knappen Forvreng på verktøylinja for bileteffektar. 2) Svar Ja på spørsmålet om å omforme objektet til ei kurve. Dersom objektet alt er omgjort til kurve, kjem ikkje dette dialogvindauget opp. 3) Når du klikkar og drar eit utvalspunkt i eit hjørne, blir det motsette hjørnet brukt som ankerpunkt for forvrenginga (90). 4) Når du klikkar og drar eit loddrett utvalspunkt blir den motsette loddrette sida brukt som ankerpunkt for forvrenginga. 5) Når du klikkar og drar eit vassrett utvalspunkt blir den motsette vassrette sida brukt som ankerpunkt for forvrenginga. Kapittel 5 Arbeide med grafiske objekt 129

128 Figur 90: Forvrenging av eit objekt Verktøyet Set i sirkel (perspektiv) Figur 91: Omforme eit bilete til ein sirkel med perspektiv 1) Merk eit objekt og trykk på knappen Set i sirkel (perspektiv) på verktøylinja for bileteffektar. 2) Svar Ja på spørsmålet om å omforme objektet til ei kurve. Dersom objektet alt er omgjort til kurve, kjem ikkje dette dialogvindauget opp. 3) Klikk og dra eitt av utvalshandtaka for å gi eit pseudo tredimensjonalt perspektiv ved å bruke den motsette sida som ankerpunkt (91). Eit skyggebilete viser korleis resultatet blir. Verktøyet Set i sirkel (skråstilt) Figur 92: Omforme eit bilete til ein sirkel med skråstilling 130 LibreOffice 4.2 Impress Guide

129 1) Merk eit objekt og trykk på knappen Set i sirkel (skråstilt) på verktøylinja for bileteffektar. 2) Svar Ja på spørsmålet om å omforme objektet til ei kurve. Dersom objektet alt er omgjort til kurve, kjem ikkje dette dialogvindauget opp. 3) Klikk og dra eitt av utvalshandtaka for å gi eit pseudo tredimensjonalt perspektiv ved å bruke den motsette sida som ankerpunkt (92). Eit skyggebilete viser korleis resultatet blir. Merk Å omforme eit objekt til kurve er ein ufarleg operasjon, men den einaste måten å reversere prosessen på er med Angre-funksjonen. Justere objekt Bruk justeringsverktøet for å justere den relative plasseringa av eit objekt i høve til eit anna objekt. Desse justeringsverktøya er tilgjengelege bare når to eller fleire objekt er merkte. Figur 93: Verktøylinja «Juster objekt» 1) Merk objekta som skal justerast. 2) Klikk på trekanten til høgre for knappen Juster på verktøylinja for Linje og fyll eller bruk Vis Verktøylinjer Juster objekt på hovudmenyen for å opna verktøylinja Juster objekt (93). Kva for bilete som blir vist på knappen er avhengig av kva verktøy som sist blei brukt. 3) Du kan også velja justering ved å høgreklikke på gruppa av merkte objekt og velje Justering og deretter velje type justering frå sprettoppmenyen. Verktøylinja har desse vala: Venstre, Midtstilt, Høgre bestemmer den vassrette justeringa av dei valde objekta. Øvst, Midt på, Nedst bestemmer den loddrette justeringa av dei valde objekta. Feste objekt til rutenett eller festelinjer Av og til er det viktig å justere objekt i høve til bestemte punkt på sida for å vere sikker på at objekt som er brukte på fleire sider kjem på same staden på alle sidene. Impress har to mekanismer for å gjere dette: Rutenett og Festelinjer. Kapittel 5 Arbeide med grafiske objekt 131

130 Bruke rutenettet Du har tilgang til innstillingane for rutenettet ved å høgreklikke på ein tom stad på sida i normalvisinga og deretter velje Rutenett. Du kan også bruke Vis Rutenett frå hovudmenyen. Dei tilgjengelege vala er: Vis rutenett viser rutenettet. Fest til rutenett ankerpunkta til eit objekt blir sette på eit rutenett når objektet blir flytt eller endrar storleik. Rutenett øvst viser rutenettet øvst. For å setje opp linjeavstanden og festemåtar for rutenetgtet, bruk Verktøy Innstillingar LibreOffice Impress Rutenett på hovudmenyen. Bruke festelinjer Du har tilgang til innstillingane for festelinjene anten ved å høgreklikke på ein tom stad på sida i normalvisinga og deretter velje Festelinjer eller frå Vis Festelinjer på hovudmenyen. Dei tilgjengelege vala er: Vis hjelpelinjer viser hjelpelinjene på sida. Fest til festelinjer ankerpunkta i objektet blir fest til festelinjene når det blir flytt eller endrar storleik. Festelinjer fremst viser festelinjene øvst. Figur 94: Dialogvindauget for nytt festeobjekt Lage eit nytt festepunkt/-linje 1) Høgreklikk på ein tom stad i arbeidsområdet og vel Set inn festepunkt/-linje frå menyen som kjem opp for å opna dialogvindauget Nytt festeobjekt (94). 2) Vel type festeobjekt. Kva felt som er aktive i dialogvindauget er avhengig av vala som er gjort: Punkt: både X- og Y-feltet er aktivt. Loddrett: bare X-feltet er aktivt. 132 LibreOffice 4.2 Impress Guide

131 Vassrett: bare Y-feltet er aktivt. 3) Skriv inn plasseringa av objektet. 4) Klikk OK for å lukke vindauget. Tips Når du skal plassere festelinjene er vil det forenkle arbeidet dersom du bruker hjelpelinjer. Desse aktiverer du ved å velje Vis Linjal på hovudmenyen. Du kan nå klikke på linjalen og dra ei festelinje ut på lysbiletet. Redigere festelinjene 1) Høgreklikk på linja som skal redigerast. 2) Vel Rediger festelinje på menyen som kjem opp. 3) Skriv inn ein ny verdi i X- og Y-felta og trykk OK. Slette festelinjer 1) Høgreklikk på linja som skal slettast. 2) Vel Slett festelinje på menyen som kjem opp. Stille opp objekt Impress ordnar objekta i ein stakk slik at det øvste objektet i stakken dekker alle objekta nedanfor dersom dei overlappar. Du kan flytte objekta opp eller ned i stakken og såleis bestemma kva som skal vere synleg. Dette gjer du ved å merke eit objekt eller fleire objekt og klikke på den vesle trekanten til høgre for knappen Still opp på verktøylinja Linje og fyll for å opna verktøylinja for Posisjon (95). Korleis knappen Still opp ser ut, er avhengig av kva oppstilling som blei brukt sist. Du kan også stille opp eit objekt ved å velje frå menyen som kjem opp når du høgreklikkar på eit merkt objekt og velje Still opp. Dei første fire elementa bestemmer plasseringa i stakken for det valde objektet: Flytt fremst: flytt det valde objektet øvst i stakken, dvs. framføre alle andre objekt. Flytt framover flytt det valde objektet eitt steg opp i stakken. Flytt bakover flytt det valde objektet eitt steg ned i stakken. Flytt bakarst flytt det valde objektet nedst i stakken, dvs. bak alle andre objekt. Dei tre neste verktøya bestemmer den relative posisjonen til det valde objektet: Framføre objektet flytter det først valde objektet framføre det neste valde objektet. Bak objektet flytter det først valde objektet bak det neste valde objektet. Byt oppstiling byter om plasseringa i stakken for to valde objekt. Kapittel 5 Arbeide med grafiske objekt 133

132 Figur 95: Verktøylinja for posisjon Slik bruker du Framføre objektet og Bak objektet: 1) Merk det første objektet ved å klikke på det. 2) Vel Framføre objektet eller Bak objektet frå sprettoppmenyen. Markøren endrar utsjånad. 1) Klikk på det andre objektet og objekta byter plass i stakken. Arbeide med sambandslinjer Sambandslinjer er i Impress linjer som kan forankrast til bestemte festepunkt på kanten av eit objekt. Fordelen er at når eit objekt blir flytt eller får endra storleiken, vil sambandslinjene tilpassa seg forandringa automatisk. Dette kjem særleg til nytte når du lagar flytkart, organisasjonskart og diagram, der sambandslinjer er betre eigna enn vanlege linjer for å binde elementa saman. Når du teiknar eller merker ei sambandslinje, vil Impress vise utvalshandtak som ikkje blir viste for vanlege linjer. Termineringspunkta på ei sambandslinje er kvadratisk ved startpunktet og rundt ved sluttpunktet. Utvalshandtaka blir brukte for å endre plasseringa av sambandslinjene når det er nødvendig Impress har mange ulike sambandslinjer innebygd. Skilnadane ligg i korleis endepunkta ser ut, dvs. Ingen, pil eller tilpassa, og måten sambandslinjene blir teikna, dvs. Rett linje, linje eller kurve. (Som du ser er det to like seksjonar til venstre i bildet nedanfor. Eg har ikkje funne ut kva som er skilnaden på desse. I originalteksten for brukargrensesnittet er dei øvste sambandslinjene kalla «connectors» og dei nedre «line connectors»). 134 LibreOffice 4.2 Impress Guide

133 Figur 96: Verktøylinja for sambandslinjer Laga sambandslinjer Her kjem ei enkel oppskrift på bruken av sambandslinjer. Du kan finne meir informasjon om formatering av sambandslinjer i Kapittel 6 Formatting Graphic Objects. 1) Klikk på trekanten til høgre for knappen Sambandslinjer på verktøylinja for teikning og vel kva type sambandslinje du vil bruke. Utsjånaden på knappen Sambandslinjer på verktøylinja er avhengig av kva sambandslinje som sist blei brukt. 2) Flytt markøren over eitt av objekta som skal koplast saman. Festepunkta blir nå synlege på objektet som små firkantar eller kors. (97). 3) Klikk på eitt av festepunkta for å feste den eine enden av sambandslinja der. Hald nede museknappen og dra sambandslinja til det neste objektet. Kapittel 5 Arbeide med grafiske objekt 135

134 Figur 97: Eksempel på bruk av sambandslinjer 4) Når markøren er over eit festepunkt i målobjektet, slepp opp museknappen og linja blir teikna. 5) Dersom det kjem fram eitt eller fleire utvalshandtak på sambandslinja, kan du bruke desse til å justere ruta til sambandslinja slik at ho ikkje går over andre objekt eller element i lysbiletet. Handtere festepunkt Eit festepunkt er punktet der sambandslinja blir fest til objektet. Kvar objektfigur har ein del førehandsdefinerte festepunkt, men det er råd å definere nye punkt eller redigere dei ved hjelp av verktøylinja for festepunkt. 1) Klikk på knappen Festepunkt på verktøylinja for teikning, eller bruk Vis Verktøylinjer Festepunkt på hovudmenyen for å opna verktøylinja for festepunkt (98). 2) Merk eit objekt i lysbiletet. 3) Klikk på Set inn festepunkt for å setje inn eit festepunkt i det valde objektet. 4) Dersom du vil at sambandslinja skal gå ut frå objektet i ein bestemt retning, klikk på ein av knappane med retning. Dette kan vere nyttig når du har fleire festepunkt på same sida eller når det førehandsdefinerte festepunktet ikkje passar. 5) Flytt markøren til der du vil ha festsepunktet og klikk for å setje inn punktet 6) Sjå etter at knappen Relativ festepunktplassering er trykt ned slik at festepunktet kan tilpassa seg eventuelle endringar av storleiken på objektet. 136 LibreOffice 4.2 Impress Guide

135 Figur 98: Verktøylinja for festepunkt 7) Fjern avmerkinga av Relativ festepunktplassering for å aktivere dei siste seks knappane som blir brukte for å setje ein fast posisjon for festepunkta, uavhengig av kva storleik objektet blir sett til. 8) Du kan fjerna eit festepunkt du har laga sjølv ved å merke det og trykke Delete-tasten. Dei førehandsdefinerte festepunkta kan ikkje slettast. 9) Du kan flytte eit festepunkt ved å merke det og dra det med musepeikaren dit du ønskjer. Du kan ikkje flytte dei førehandsdefinerte festepunkta. Tips Festepunkta blir normalt sette på rutenettet (sjå «Feste objekt til rutenett eller festelinjer» på side 131 for meir om dette). Av og til kan det vere ønskjeleg å ha festepunktet litt utanom rutenettet. Dette kan du gjere ved å halde nede Ctrl-tasten medan du drar festepunktet til den nye plasseringa. Når du held nede Ctrl-tasten, blir også rutenettet synleg. Arbeide med 3D objekt Impress har avanserte funksjonar for å arbeide med 3D-objekt, men i denne rettleiinga vil bare 3Dinnstillingar som kan gjerast med eit objekt bli viste. Sjå handboka for Draw for å sjå korleis du kan bruke dei avanserte 3D-effektane som geometri og skyggelegging. 3D-objekt kan lagast i Impress på fleire måtar: Klikk på trekanten til høgre for knappen 3D-objekt på verktøylinja for teikning og vel eit 3D-objekt frå lista som kjem fram. (Utsjånaden på 3D-knappen er avhengig av kva objekt som sist er brukt). Vel Vis Verktøylinjer 3D-objekt på hovudmenyen for å opna verktøylinja for 3Dobjekt (99). Dette er den same linja som du får fram når du klikkar på knappen 3D-objekt på verktøylinja for teikning. Kapittel 5 Arbeide med grafiske objekt 137

136 Høgreklikk på eit objekt på lysbiletet og vel Gjer om Til 3D eller Til 3D, dreieobjekt på menyen som kjem fram. Til 3D legg tjukkleik til objektet for å gjere det om til eit 3D-objekt. Til 3D, dreieobjekt lagar eit 3D-objekt ved å rotere objektet rundt ein alkse. Figur 99: Verktøylinja for 3Dobjekt Merk eit objekt og klikk på knappen Utdriving på/av på verktøylinja for teikning for å legge til ein grunnleggjande 3D-effekt og opna verktøylinja for 3D-innstillingar. Vel eitt av vala på verktøylinja for å legge til ein 3D-effekt (100 and Tabell 5). Figur 100: Verktøylinja for 3D-innstillingar Tabell 5: 3D-verktøya og verkemåte Verk tøy Namn Blir brukt til Utdriving på/av Legg til tjukkleik til objektet og opnar 3D-innstillingane. Vipp ned Vipper objektet nedover rundt ein vassrett akse. Vipp opp Vipper objektet oppover rundt ein vassrett akse. Vipp til høgre Vipper objektet mot venstre rundt ein loddrett akse. Vipp til høgre Vipper objektet mot høgre rundt ein loddrett akse. Djupn Bestemmer tjukkleiken på figuren. Det kjem opp ei ny verktøylinje der du kan velje mellom ein del førehandsdefinerte verdiar, eller du kan definere dine eigne verdiar ved å velje Tilpassa. 138 LibreOffice 4.2 Impress Guide

137 Verk tøy Merk Namn Blir brukt til Retning Opnar ei ny verktøylinje der du kan velje retninga og type (parallell eller perspektiv) på perspektivet. Lyssetjing Opnar ei ny verktøylinje der du kan velje retninga retninga og intensiteten på lyset. Overflate Vel mellom trådramme (nyttig medan du arbeider med objektet), matt, plast og metall. 3D-farge Bestemmer fargen på tjukkleiken som blei lagt til. Dei fleste figurane i skriftforminga (Fontwork) har 3D-innstillingar og kan styrast frå verktøylinja for 3D-innstillingar. (Sjå «Bruke skriftutforming (Fontwork)» på side 141). Omforme objekt til ulike typar Du kan omforme eit objekt til ein annan figurtype. Høgreklikk på objektet og vel Gjer om på menyen som kjem fram og vel mellom desse omformingane: Til kurve gjer det valde objektet om til ei bézierkurve. Klikk på knappen Punkt på verktøylinja for teikning for å redigere punkta i bézierkurven. Til mangekant gjer det valde objektet om til ein mangekant. Klikk på knappen Punkt på verktøylinja for teikning for å redigere punkta i bézierkurven. Ein mangekant er alltid sett saman av rette segment. Til omriss for grunnleggjande form. Dette er det same som å gjere om til mangekant, men for meir komplekse figurar (eller tekstobjekt), vil omforminga lage ei gruppe av mangekantar som du kan redigere ved å trykke på F3 for å kome inn i gruppa. Til 3D gjer det valde objektet om til eit 3D-objekt. Til 3D, dreieobjekt lager ein tredimensjonal figur ved å rotere det valde objektet rundt ein loddrett akse. Til bilete converts the selected object to a bitmap. Til metafil gjer det valde objektet om til Windows Metafile Format (WMF) med både punkt- og vektor-data. Merk I dei fleste tilfella vil omgjeringa til ein ny type ikkje gi synlege skilnader umiddelbart. Tips Til kurve, Til mangekant, Til 3D og Til 3D, dreieobjekt kan leggjast til i verktøylinja for teikning som tilleggsverktøy ved å høgreklikke på ein tom plass på verktlylinja og velje Synlege knapper. Setje opp samhandling i eit objekt Du kan kople eit objekt til ei handling som blir utført når det blir klikka på objektet. Slik kan du lage ei samhandling: 1) Merk objektet. Kapittel 5 Arbeide med grafiske objekt 139

138 2) Klikk på knappen Samhandling på verktøylinja for linje og fyll, eller høgreklikk på objektet og vel Samhandling på menyen som kjem opp for å opna dialogvindauget for Samhandling (101). 3) Vel samhandlingstype og eventuelle parameterar. Kva dei ulike oppføringane i menyen gjer, er forklarte i Tabell 6. Dialogvindauget for samhandling forandrar seg etter kva samhandling som er vald. 4) Click OK to close the dialog. 5) Klikk OK tfor å lukke vindauget. 6) Du slettar ei samhandling frå eit biletobjekt ved å følgje steg 1 og 2 ovanfor og velje Inga handling i st Figur 101: Dialogvindauget for samhandling Tabell 6: Samhandlingstypane og dei tilhøyrande parametra Samhandling Parameter Gå til førre lysbilete Ingen parameterar. Gå til neste lysbilete Ingen parameterar. Gå til det første lysbilete Ingen parameterar. Gå til det siste lysbilete Ingen parameterar. Gå til side eller objekt Vel målet frå mål-lista som kjem opp i vindauget. Du kan også søke etter eit bestemt mål i feltet Lysbilete/objekt nedst på sida. Gå til dokument Vel dokumentet i dokumentfeltet eller bruk filutforskaren (knappen Bla gjennom) for å opna eit dialogvindauge for å opna ei fil. D>ersom dokumentet er i formatet Open Document Presentation, vil det bli vist i målfeltet. Spel lyd Vel fila som inneheld slyden som skal spelast. Du kan leite etter filer ved å trykke knappen Bla gjennom. Køyr program Vel programmet om skal køyrast. Du kan leite etter program ved å trykke knappen Bla gjennom. Køyr makro Vel makroen om skal køyrast. Du kan leite etter makroar ved å trykke knappen Bla gjennom. Avslutt presentasjon Avslutter presentasjonen. 140 LibreOffice 4.2 Impress Guide

139 Bruke skriftutforming (Fontwork) Bruk Fontwork (skriftutforming) for spesielle teksteffektar. Du kan finne meir om dette emnet i Getting Started Guide, Kapittel 11 Graphics, the Gallery, and Fontwork. Slik opnar du for bruk av Fontwork: 1) Klikk på knappen Fontwork-galleri på verktøylinja for teikning eller på verktøylinja for Fontwork for å opna dialogvindauget for fontwork-galleriet. (102). Figur 102: Fontwork-gallerietFontwork-galleriet 2) Vel den stilen du ønskjer å bruke frå fontwork-galleriet og trykk OK. Teksten Fontwork blir sett inn i lysbiletet i den valde stilen. Du kan endre utforminga og innstillingane seinare om ønskjeleg. 3) Dobbeltklilkk på objektet for å redigere fontwork-teksten. Skriv inn teksten som skal erstatte ordet Fontwork. 4) Trykk Esc-tasten eller klikk utføre området med utvalshandtaka for å avslutte. Bruke Fontwork-verktøylinja Sjå etter at verktøylinja for Fontwork (103) er synleg. Dersom ho ikkje er det, vel Vis Verktøylinjer Fontwork på hovudmenyen. (I noen utgåver av LibreOffice er Fontwork kalla Skriftforming). Kapittel 5 Arbeide med grafiske objekt 141

140 Figur 103: Verktøylinja for Fontwork I tillegg til knappen for Fontwork-galleriet, har denne verktøylinja desse oppføringane: Fontwork-form endrar forma til det valde objektet. Formene blir valde frå formene som kjem fram når du trykker på knappen. Fontwork, lik bokstavhøgd endrar bokstavhøgda i det merkte objektet. Skifter mellom normal høgd der bokstavane har ulik høgde og at alle bokstavane har same høgd. Fontwork, justering bestemmer tekstjusteringa i ramma frå dei tilgjengeleg vala. Fontwork, teiknavstand bestemmer avstanden mellom bokstavane og om det skal brukast kerning. Normalavstanden er 100 %. Mindre enn 100 % gir mindre avstand, meir enn 100 % gir større avstand. Endre Fontwork som eit objekt Det er råd å handtere tekst i Fontwork som eit objekt og såleis bruke alle formateringar som er omtalte i dette kapitlet. Bruk linjeinnstillingar bare på Fontwork utan 3D-effektar, elles vil endringane ikkje bli synlege. Du kan endre noen av Fontwork-figurane på same måte som du endrar vinklane i eit trapes eller eit parallellogram, nemleg ved å dra i utvalshandtaka. Animasjonar Det er vanleg å bruke animerte overgangar mellom lysbileta for å gi presentasjonen ein meir profesjonell utsjånad. (Sjå Kapittel 9, Slide Shows for meir om overgangar). I Impress kan du også lage animasjonar i lysbileta for å gjere prresentasjonen meir forståeleg eller interessant. Ein animasjon er sett saman av ein sekvens av bilete eller objekt. Kvart bilete eller objekt i animasjonen blir kalla ei ramme. Ei ramme kan innehalde meir enn eitt objekt. Når rammene blir viste etter kvarandre, gir resultatet inntrykk av rørsle i ei eller anna form. For eksempel kan du setje inn punktmerke eitt for eitt eller la bilete, former eller objekt dukke opp åleine eller i grupper for så å bli borte igjen. Du kan styre animasjonen frå tastaturet eller med museklikk, eller køyre han automatisk i ein tidsstyrt sekvens. Tips Animasjonar kan sjå svært gode ut i ein presentasjon, men overdrive bruk kan gjere ein god presentasjon til ein dårleg ein. Ein diskret presentasjon er alltid betre enn å overdrive. Tilpasse animasjonen Du finn panelet for å tilpasse animasjon (104) i oppgåvepanelet til høgre for arbeidsområdet i Impress. Dette panelet blir brukt til å legge til ein animasjon til eit objekt på eit lysbilete eller for å gjere endringar i ein animasjon i eit objekt. Du opnar seksjonen for tilpassa animasjon ved å klikke på knappen for Tilpassa animasjon i oppgåvepanelet eller høgreklikkar på eit merkt objekt og vel Lysbiletvising Tilpassa animasjon i sprettoppmenyen. 142 LibreOffice 4.2 Impress Guide

141 Merk Alt du kan plassere i eit lysbilete er eit objekt. Eit objekt kan innehalde eit bilete, ei teikning, tekst osv. Panelet for tilpassing av animasjon Du kan bruke innstillingane i panelet for tilpassa animasjon for å kontrollere korleis animasjonen skal sjå ut i lysbiletet. Figur 104: Tilpassa animasjon i oppgåvepanelet Legg til effekt klikk på dette symbolet for å opna dialogvindauget for tilpassa effekt (105) og legge ein animasjonseffekt til eit objekt i eit lysbiletet. Endra effekt klikk på dette symbolet for å fjerna ein merkt animasjonseffekt frå eit objekt. Endra effekt klikk på dette symbolet for å opna dialogvindauget for tilpassa effekt (105) slik at du kan endra ein animasjonseffekt lagt til eit objekt i eit lysbilete. Flytt opp klikk på dette symbolet for å flytte den merkte animasjonen opp i rekkefølgja av animasjonar som er lagt til i leit objekt. Flytt ned klikk på dette symbolet for å flytte den merkte animasjonen ned i rekkefølgja av animasjonar som er lagt til i leit objekt. Førehandsvis effekt klikk på dette symbolet for å sjå den merkte animasjonseffekten som er lagt til eit objekt. Kapittel 5 Arbeide med grafiske objekt 143

142 Start vel frå nedtrekkslista korleis ein animasjonseffekt skal startast når animasjonen køyrer: Ved klikk animasjonen stoppar ved denne effekten og går vidare ved neste museklikk. Med den førre animasjonen startar straks. Etter den førre animasjonen startar så snart den førre animasjonen er ferdig. Retning vel frå nedtrekkslista kva retning animasjonen skal kome inn i lysbiletet. Fart vel farten eller lengda for den valde animasjonseffekten. Automatisk førehandsvising merk dette valet for at ein effekt skal førehandsvisast automatisk når effekten blir merkt i dialogvindauget for tilpassa animasjon (105). Effektinnstillingar klikk på denne knappen for å opna dialogvindauget for tilpassa effektar (106) der du kan velje, justere og legge til tidsinnstillingar og andre eigenskapar for animasjonseffekten. Figur 105: Dialogvindauget for tilpassa animasjon Dialogvindauge for tilpassa animasjon Dialogvindauget for tilpassa animasjon (105) inneheld desse fanene for å laga animasjonseffektar på ein merkt objekt: Inngang korleis effekten skal opnast på lysbiletet. Framheving korleis eit animert objekt skal framhevast på lysbiletet. Avslutt korleis eit animert objekt skal gå ut av lysbiletet. Rørsler korleis eit objekt skal flyttast under animasjonen. 144 LibreOffice 4.2 Impress Guide

143 Ymse effektar vel mediaeffekt frå fleire effektar. Automatisk førehandsvising førehandsvis ein ny eller endra animasjonseffekt. Dialogvindauget for effektinnstillingar Dialogvindauget for effektinnstillingar (106) styrer korleis animasjonseffekten skal forbetrast og visast i lysbiletet. Figur 106: Dialogvindauget for effektinnstillingar fana Effekt har desse vala: Retning bestemmer retninga på effekten. Dette er det same valet som e vist i panelet for tilpassa animasjon i oppgåvepanelet. Lyd vel ein lyd som skal spelast av når effekten køyrer frå nedtrekkslista. Etter animasjonen vel frå nedtrekkslista kva som skal skje når animasjonen er ferdig. Demp med farge animasjonen tonar ut i ein vald farge. Ikkje demp ingen effekt når animasjonen er ferdig Gøym etter animasjonen gøymer figuren når animasjonen er ferdig. Gøym ved neste animasjon gøymer figuren når neste animasjon byrjar. Avblend farge vel ein avblendingsfarge. Tekstanimasjon vel ein animasjonsmodus for teksten i den gjeldande figuren: Alle på ein gong animerer all tekst samstundes. Ord for ord animerer teksten ord for ord. Bokstav for bokstav animerer teksten med ein bokstav om gongen. Forseinking mellom teikna bestemmer kor mange prodent forseinking det skal vere mellom animeringa av bokstavar og ord. fana Tidskontroll har desse vala: Start viser korleis den valde animasjonen skal startast. Du har desse vala: Ved klikk teffekten stoppar ved denne effekten og venter til neste museklikk. Kapittel 5 Arbeide med grafiske objekt 145

144 Med den førre animasjonen byrjar med ein gong. Etter førre animasjonen byrjar sltraks den førre animasjonen er ferdig. Forseinking legg til ei ekstra forseinking i sekund før effekten skal byrja. Fart bestemmer kor lang tid effekten skal ta. Gjenta bestemmer om, og i tilfelle korleis effekten skal repeterast. Skriv inn kor mange gjentakingar som skal utførast eller vel frå lista: ingen effekten gøyrer bare ein gong. Fram til neste klikk animasjonen blir gjentatt til neste museklikk. Fram til lysbiletet er slutt animasjonen blir gjentatt så lenge lysbiletet er synleg. Spol tilbake etter avspeling dersom det er kryssa av for denne vil den animerte figuren når animasjonen er avslutta gå tilbake til slik han såg ut før animasjonen byrja. Animer som ein del av ein klikksekvens dersom denne er avkryssa, vil animasjonen byrja i den vanlege klikksekvensen. Start effekten ved klikk på gjer at effekten startar når du klikkar på ein bestemt figur. Vel figur i nedtrekkslista. Lage ein animasjon Slik lagar du ein animasjon ved hjelp av Tilpassa animasjon: 1) Merk eit objekt på lysbiletet. 2) Opna panelet Tilpassa animasjon (104) ved å klikke på namnet i oppgåvepanelet eller ved å velje Lysbiletframvising Tilpassa animasjon på hovudmenyen. 3) Klikk på Legg til effekt i Tilpassa animasjon for å opna dialogvindauget for Tilpassa animasjon(105). 4) Vel ein effektkategori og kva slag effekt du ønskjer å bruke på det merkte objektet. 5) Vel korleis effekten skal starta, retning og fart (dersom tilgjengeleg) frå dei ulike vala i nedtrekkslistene. 6) Klikk Effektinnstillingar for å opna dialogvindauget for effektinnstillingane (106) slik at du kan setje dei ulike innstillingane for animasjonen. Klikk OK for å lukke vindauget. 7) Om det er nødvendig, kan du også endre rekkefølgja for objekta ved hjelp av pilene Flytt opp og Flytt ned. 8) Klikk Førehandsvis effekten for å sjå verknaden. 9) Når alt er slik du vil ha det, køyr lysbiletframvisinga for å sjå korleis presentasjonen tar seg ut. (For eksempel ved å trykke Lysbiletframvising på hovudmenyen). 146 LibreOffice 4.2 Impress Guide

145 Setje inn animerte bilete Du kan lage eit animert bilete og setje dette inn i presentasjonen ved å bruke Set inn Animert bilete på hovudmenyen for å opne dialogvindauget for animasjon (107). Kontrollane brukte i dette vindauget er forklarte i Tabell 7. Figur 107: ialogvindauget for animasjon Tabell 7: Konrollane i dialogvindauget for animasjon Kontroll Kontrollnamn Bruk Første bilete Hoppar til det første biletet i animasjonssekvensen. Bakover Spelar animasjonen baklengs. Stopp Stopp avspelinga av animasjonen. Spel Plays the animation. Siste bilete Hoppar til det siste biletet i animasjonssekvensen. Biletnummer Viser plasseringa til det gjeldande biletet i animasjonssekvensen. Vil du vise eit anna bilete, skriv inn biletnummeret eller flytt opp og ned med pilene. Visingstid Skriv inn kor mange sekund det gjeldande biletet skal visast. Dette valet er tilgjengeleg bare om du vel Biletobjekt i Animasjonsgruppe. Kapittel 5 Arbeide med grafiske objekt 147

146 Kontroll Kontrollnamn Bruk Løkkjetal Bestemmer kor mange gonger animasjonen skal visast. Skal animasjonen spelast av kontinuerleg, vel Størst. Dette valet er tilgjengeleg bare om du vel Biletobjekt i Animasjonsgruppe. Bruk objekt Legg vald objekt til som eit enkelt bilete. Bruk objekta kvar for seg Legg til eitt bilete for kvart valde objekt. Dersom du vel eit gruppert objekt, vil det bli laga eitt bilete for kvart objekt i gruppa. Du kan også markere ein animasjon som t.d. animert GIF, og trykke på denne knappen for å opna bletet for redigering. Når du er ferdig, trykk på Opprett for å setje animasjonen inn i lysbiletet. Slett dette biletet Slett det merkte biletet frå animasjonssekvensen. Slett alle bileta Slett alle bileta i animasjonen. Tal Talet på bilete i animasjonen. Gruppeobjekt Samlar bileta i eit enkelt objekt slik at dei kan flyttast som ei gruppe. Du kan framleis redigere kvart objekt for seg ved å dobbeltklikke på gruppa i lysbiletet. Biletobjekt Slå saman bileta til eitt enkelt bilete. Opprett Set animasjonen inn i det gjeldande lysbiletet. Lage ein animasjon Slik lagar du ein animasjon ved hjelp av Set inn Animert bilete på hovudmenyen: 1) Bruk teikneverktøya og lag objektet som skal animerast. 2) Vel Set inn Animert bilete på hovudmenyen for å opna dialogvindauget for animasjon (107 og Tabell 7). 3) Merk objektet og klikk på knappen Bruk objekt for å legge det til som første ramme i animasjonen. 4) Transformer eller endra objektet, for eksempel rotasjon, endre farge, legge til eller fjerna ein bokstav eller liknande. 5) Når alt er klart, lag den andre ramma i animasjonen og klikk Bruk objekt igjen for å legge ramma til animasjonen. 6) Gjenta steg 3, 4 og 5 til du har laga alle rammene som skal brukast i animasjonen. 7) Vel Biletobjekt i Animasjonsgruppe for å tilpassa tidsbruken for kvar ramme og kor mange gonger animasjonen skal køyrast. 8) Bruk Visingstid for å bestemma kor lenge kvar ramme skal visast og kor mange gonger animasjonen skal køyrast (Løkkjetal). Set du denne til Størst, vil animasjonen køyre kontinuerleg. 9) Trykk Opprett for å setje animasjonen inn midt i lysbiletet. 10) Juster plasseringa av animasjonen i lysbiletet. 148 LibreOffice 4.2 Impress Guide

147 Note Dersom biletet som skal kopierast er sett saman av fleire objekt, kan du velje å handtere kvart objekt som ei eiga ramme. Då vel du Bruk objekta kvar for seg. Hugs at kvart objekt blir midtstilt i animasjonen. Kapittel 5 Arbeide med grafiske objekt 149

148 Kapittel 6 Formatere biletobjekt

149 Formatere objekt Dette kapitlet handlar om å formatere biletobjekt laga med teikneverktøya. I tillegg til storleiken, roteringa og plasseringa i lysbiletet, inneheld formateringa av biletobjekt også mange attributt som definerer linja, teks og områdefyll for kvart objekt. Desse attributta, mellom andre, blir også brukte på biletstilar. Sjølv om dette kapitlet i hovudsak handlar om manuell formatering av objekt, vil det til slutt bli vist korleis du kan lage, bruke, endre og slette biletstilar. Formatere linjer I LibreOffice er ei linje både eit frittståande segment og den ytre kanten av ein figur. I dei fleste tilfella er dei eigenskapane du kan gjere noe med eigenskapane for stil (heiltrukke, prikka, usynleg osv.), breidda og fargen. Merk linja du vil formatere og bruk verktøya på verktøylinja Linje og fyll for å velje kva som skal gjerast (innramma i 108). Figur 108: Vanlege linjeinnstillingar på verktøylinja for Linje og fyll For å ha betre kontroll når du endrar utsjånaden til ei linje, vel Format Linje på hovudmenyen eller høgreklikk på linja og vel Linje frå menyen som kjem opp eller trykk på knappen Linje på verktøylinja Linje og fyll for å opna dialogvindauget for linjer (109) der du kan setje dei ulike eigenskapane for linjer. Dette dialogvindauget inneheld fire faner: Linje, Skygge, Linjestilar og Pilstilar. Du ka også endre utsjånaden til ei linje ved å bruke linjeavsnittet på oppgåvepanelet. Sjå meir om dette i «Panelet «Linje» i oppgåvepanelet» på side LibreOffice 4.2 Impress Guide

150 Figur 109: Dialogvindauget Linje fanen Linje Linjefanen Linjefanen blir brukt for å setje grunnleggjande parameter for linja. Sida er delt i fire område: Linjeeigenskapar, Pilstilar, Breidde og Stilar for hjørne og linjeavslutningar. Nedst på sida blir det vist korleis dei valde stilane ser ut på ei linje og på to ulike hjørne. Linjeeigenskapar Denne blir brukt til å setje desse parametra: Linjestile fleire linjestilar er tilfjengelege frå nedtrekkslista. Det er også råd å definerer fleire stilar om nødvendig. Farge vel frå dei førehandsdefinerte fargane i nedtrekkslista eller sjå «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» på side Feil: Fann ikkje kjelda til referansen korleis du kan definerer nye fargar. Breidd bestemmer breidde på linja. Gjennomsikt bestemmer kor gjennomsiktig linja skal vere. sets the transparency of a line. 110 viser korleis ulike grader av gjennomsikt blir sjåande ut når linja går over eit objekt. Kapittel 6 Formatere biletobjekt 153

151 Figur 110: Effekten av linjegjennomsikt Pilstilar Pilstilar har lite med piler å gjere, men er utsjånaden på endepunkta på ei linje. Pilstilane er bare tilgjengelege for frittståande linjer, ikkje for kantlinjer i eit objekt. Sjå «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» på side Feil: Fann ikkje kjelda til referansen korleis du kan lage nye pilstilar. Stil bestemmer stilen på dei to endepunkta for linja. Nedtrekkslista til venstre gjeld for startpunktet og den til høgre for sluttpunktet. Breidd bestemmer breidda på pilavslutningane. Midtstill flytter midten av pilavslutninga til endepunktet for linja. 111 viser effekten av dette valet. Synkroniser endane gjer dei to endepunkta like. Figur 111: Lineslutt. Øvst normal pilstil, nedst midtstilt pilstil Pilspissar Den raskaste måten å legge til ein pilspiss til ei vald linje er å klikke på knappen Pilstil på verktøylinja for linje og fyll (108) for å opne verktøylinja for pilstilar (112). Bruk denne verktøylinja for å velje ein av dei mange ferdigdefinerte pilstilane pilspissar i byrjinga og slutten av ei merkt linje. 154 LibreOffice 4.2 Impress Guide

152 Figur 112: Menyen for pilspissar Stilar for hjørne og linjeavslutningar Stilane for hjørne og linjeavslutningar bestemmer korleis koplingane mellom to linjer skal sjå ut. For hjørne er det fire tilgjengelege val: ingen, avrunda, spiss og avfasa. For linjekavslutningar er det tre val: flat, rund og kvadrat. For å lettare å sjå skilnaden mellom dei ulike stilane, vel ei tykk linje og sjå korleis førehandsvisinga endrar seg med dei ulike vala. fana for skygge For å legge til og formatere skygge til linjene, bruk fana for skygge i dialogvindauget Linje. Innstillingane i denne fana er dei same som blir brukte for å legge skygge til andre objekt, og er omtalte i Feil: Fann ikkje kjelda til referansen på side Feil: Fann ikkje kjelda til referansen. Ein raskare måte å legge til skygge, er å bruke knappen Skygge på verktøylinja for linje og fyll (108). Ulempen er at når du legg til skygge med denne knappen, vil utsjånaden bli bestemt av skyggeinnstillingane i standardstilen. fana linjestilar Bruk fana Linjestilar (113) i dialogvindauget Linje for å laga nye linjestilar eller for å bruke tidlegare lagra stilar. Det er betre å lage nye stilar når dette er nødvendig enn å endre dei førehandsdefinerte stilane. Slik lagar du ein ny stil: 1) Vel Format Linje frå menylinja eller høgreklikk på linja og vel Linje på menyen som kjem opp eller trykk på knappen Linje på verktøylinja for linje og fyll. Kapittel 6 Formatere biletobjekt 155

153 Figur 113: Dialogvindauget Linje Fanen Linjestilar 2) Klikk på fana Linjestilar. 3) I nedtrekksmenyen for Linjestil vel du ein linjestil som liknar mest mogleg på den du vil lage. 4) Klikk på Legg til. Skriv inn eit namn for den nye stilen i vindauget som kjem opp og trykk OK. 5) Definer den nye stilen ved først å velje linjetype. For å veksle mellom to linjetypar, for eksempel prikkar og strekar, i den same linje, vel ulike typar i dei to type-felta. 6) Bestem kor mange (Tal) og Lengde (ikkje tilgjengeleg for prikkar) for kvar vald linjetype. 7) Vel Avstand mellom dei ulike elementa. 8) Om det er nødvendig, merk av for Tilpass til linjebreidde slik at den nye stilen passar med breidda på den valde linja. 9) Den nye linjestilen er bare tilgjengeleg i det gjeldande dokumentet. Ønskjer du å bruke linjestilen også i andre presentasjonar, trykk på Lagra linjestilen og skriv inn eit unikt namn i dialogvindauget som kjem opp. Lagra stilar har filutvidinga («etternamnet»).sod. 10) For å bruke tidlegare lagra stilar, klikk på Hent linjestilar og vel stil frå lista over lagra stilar. Klikk på Opna for å laste inn stilen. 11) Om nødvndig, klikk på knappen Endra for å gi stilen eit nytt namn. fana for pilstilar fana Pilstilar (114) i dialogvindauget Linje blir brukt for å laga nye pilstilar, for å endra eksisterande stilar eller for å hente inn tidlegare lagra stilar. Slik lagar du ein ny pilstil: 156 LibreOffice 4.2 Impress Guide

154 Figur 114: Dialogvindauget Linje Fanen Pilstilar 1) Teikna først ei kurve med den forma pilspissen skal ha, eller teikna ei form og omform denne til ei kurve. Det som skal bli spissen av pila må peike oppover som vist i 115, fordi dette blir spissen på pila. Merk Pilspissen må kunne omformast til ei kurve. Ei kurve er ein figur du kan teikna utan å løfte blyanten. Såleis kan omformast til ei kurve, men ikkje. Figur 115: Lage ein pilspiss som ein femkant. 2) Merk figuren og om nødvendig høgreklikk og vel Gjer om Til kurve frå menyen som kjem opp for å lage figuren om til ei kurve. Dersom figuren alt er ei kurve, vil valet Til kurve ikkje vere synleg. 3) Når utvalshandtaka er synlege i figuren, dvs. At han er merkt, vel Format Linje få menylinja, eller høgreklikk og vel Linje frå menyen som kjem opp. Kapittel 6 Formatere biletobjekt 157

155 4) Vel fana Pilstilar (114), klikk på knappen Legg til, skriv inn eit namn på den nye pilstilen og klikk OK. Den nye pilstilen blir vist i førehandsvisinga. 5) Du har nå tilgjenge til den nye stilen frå lista over pilstilar. Klikkar du på namnet i lista, vil stilen bli vist nedst på sida på same måten som for andre pilstilar. 6) Den nye pilstilen er tilgjengeleg bare i det gjeldande dokumentet. Ønskjer du å bruke pilstilen i andre presentasjonar, trykk på knappen Lagre pilstilar og skriv inn eit unikt namn på stilen i dialogvindauget for lagring. Lagra stilar har filutvidinga.sod. 7) For å bruke tidlegare lagra stilar, klikk på Hent linjestilar og vel stil frå lista over lagra stilar. Klikk på Opna for å laste inn stilen. 8) Om nødvndig, klikk på knappen Endra for å gi stilen eit nytt namn. Panelet «Linje» i oppgåvepanelet Ein rask måte å endre utsjånaden til ei linje er å bruke linjepanelet (116) på oppgåvepanelet. Dette panelet er bare aktivert når eit biletobjekt er merkt. Du kan endre breidd, farge, gjennomsikt, stil, hjørnestil og stil for linjeslutt for det valde biletobjektet. Desse vala er nærare omtalte i «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen», «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» og «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» ovanfor. Treng du betre kontroll over utsjånaden til linjene kan du klikke på knappen Fleire innstillingar for å opna dialogvindauget for linje (113). Figur 116: Linjer i sidepanelet Formatere områdefyllingar Uttrykket områdefyll viser til innsida av eit objekt med ein ubroten kant, for eksempel eit rektangel, ein sirkel, ei stjerne osv. Eit område kan fyllast einsfarga, med ein fargeovergang, med skarvering eller med eit bilete (117). I tillegg kan området gjerast meir eller mindre gjennomsiktig. Det kan også ha skygge. 158 LibreOffice 4.2 Impress Guide

156 The Line and Filling toolbar has several tools normally used to quickly format graphic objects. If this toolbar is not visible, go to View > Toolbars > Line and Filling on the menu bar. You can also use the Area dialog to quickly format objects, see "Feil: Fann ikkje kjelda til referansen" on page Feil: Fann ikkje kjelda til referansen for more information. Verktøylinja for linje og fyll har fleire verktøy som kan brukast til raskt å formatere biletobjekt. Dersom denne verktøylinja ikkje er synleg, kan du få ho fram ved å velje Vis Verktøylinjer Linje og fyll på hovudmenyen. Du kan også bruke dialogvindauget for område for raskt å formatere objekt, sjå «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» på side Feil: Fann ikkje kjelda til referansen for meir om dette. Når du har bestemt deg for ei førehandsdefinert eller tilpassa fylling, kan du tilpassa denne vidare ved å legge til skygge eller gjennomsikt. Sjå «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» på side Feil: Fann ikkje kjelda til referansen og «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» på side Feil: Fann ikkje kjelda til referansen for meir om dette. Figur 117: Ulike typar områdefyll Bruke verktøylinja for linje og fyll Figur 118: Vala for fyll er innramma Den raskaste måten å formatere eit områdefyll er ved å bruke verktøylinja for linje og fyll (118): 1) Merk området som skal redigerast. 2) On the Line and Filling toolbar, click the left Area Style/Filling button and select the type of area fill (Invisible, Color, Gradient, Hatching or Bitmap) you want to use from the options listed in the drop-down list. 3) Klikk på den høgre Områdestil/-fyll-knappen på verktøylinja for fyll og vel i nedtrekkslista farge eller type fyll som skal brukast. Kva val som er tilgjengelege er avhengig av kva fylltype som er vald. Denne knappen er ikkje tilgjengeleg når Ingen er vals som fylltype. Merk Dersom du ikkje ønskjer å bruke fyll på eit område, vel Ingen i den venstre Områdestil/-fyll-knappen på verktøylinja for fyll. Bruke dialogvindauget for område Ein rask måte å formatere ei områdefylling i eit objekt er å bruke dialogvindauget for område. Bruk oppskrifta nedanfor. Du kan også bruke dette vindauget for å lage dine eigne områdefyllingar. Kapittel 6 Formatere biletobjekt 159

157 1) Merk objektet du vil redigere. 2) Vel Format Område på hovudmenyen eller trykk på knappen Område på verktøylinja for linje og fyll eller høgreklikk på objektet og vel Område frå menyen som kjem opp for å opna dialogvindauget for område. Merk Dersom du ikkje ønskjer å bruke fyll på eit objekt når du bruker dialogvindauget Område, vel Ingen i dei tilgjengelege vala. 3) Er fylltypen sett til Farge, vel farge frå nedtrekkslista som kjem fram (119). 4) Klikk OK og den valde farge blir lagt til i området i det valde objektet Figur 119: Dialogvindauget for områdefarge r 5) For å fylle området med ein fargeovergang, vel Fargeovergang frå nedtrekkslista og vel deretter den ønskte fargeovergangen frå nedtrekkslista (120). 6) Du kan velje kor mange steg som skal brukast frå den eine fargen til den andre i området Aukande, eller du kan la LibreOffice velje kor mange steg som skal brukast ved å krysse av for Automatisk. 7) Klikk OK og den valde fargeovergangen blir lagt til i området i det valde objektet. Figur 120: Dialogvindauget for fargeovergang 160 LibreOffice 4.2 Impress Guide

158 8) Skal området fyllast med skravering, vel Skravering i nedtrekksmenyen og vel deretter den ønskte skaraveringa frå nedtrekksmenyen (121). 9) Ønskjer du ein bestemt bakgrunnsfarge for skraveringa, merk av for Bakgrunnsfarge og ve farge frå nedtrekkslista. 10) Klikk OK og den valde skraveringa blir lagt til i området i det valde objektet. Figur 121: Dialogvindauget for skravering 11) Skal du fylle eit område med bilete, vel du fana Punktbilete og vel eit passande bilete frå nedtrekkslista (122). 12) Sett innstillingane for Storleik, Plassering og Forskyving slik at dei passar. Sjå Tabell 8 for meir om dei ulike innstillingane. 13) Klikk OK og det valde biletet blir lagt til i området i det valde objektet. Figur 122: Dialogvindauget for punktbilete Kapittel 6 Formatere biletobjekt 161

159 Tabell 8: Vala for punktbilete Val Oppgåve Storleik Original Beheld den opphavlege storleiken på biletet når det blir brukt for å fylle det valde objektet. Fjern avkryssinga her for å kunne endre storleik på biletet. Storleik Relativ Når det er kryssa av her, vil biletet bli skalert i høve til prosentsatsane som er innskrivne i Breidd og Høgd. Når ingen av boksane Original og Relativ er merkte, vil biletet bli skalert i høve til dei lineære verdiane i Breidd og Høgd. Storleik Breidd Skriv inn breidda på biletet. Når det er kryssa av for Relativ, vil 100 % bety at breidda på biletet vil fylle heile områdebreidda. 50 % betyr at biletbreidda vil fylle halve områdebreidda. Storleik Høgd Skriv inn høgda på biletet. Når det er kryssa av for Relativ, vil 100 % bety at høgda på biletet vil fylle heile områdehøgda. 50 % betyr at bilethøgda vil fylle halve områdehøgda. Plassering Ankerpunkt Klikk på det punktet i plasseringsfiguren som viser kor ankerpunktet i biletet skal vere for fliselegging av biletet. Plassering X-forskyving Når det er kryssa av for Jamsides (ei form for flislegging), kan du skrive inn kor mange prosent biletet skal forskyvast vassrett i høve til ankerpunktet. Plassering Y-forskyving Når det er kryssa av for Jamsides (ei form for flislegging), kan du skrive inn kor mange prosent biletet skal forskyvast loddrett i høve til ankerpunktet. Plassering Jamsides Legg fleire kopi av biletet ved sida av kvarandre i eit fliseleggingsmønster for å fylle ut området. Storleiken på biletet blir bestemt av vala Storleik. Plassering Automatisk Strekker biletet slik at det fyller heile arealet. For å kunne bruke dette valet må det ikkje ver kryssa av for Jamsides. Er det merka av for Tilpass automatisk, blir alle innstillingar for storleik gråa ut som uverksame. Forskyving Rad Når det er kryssa av for Jamsides, vil radene bli forskyvde med den innskrivne prosentsatsen. Kvar rad blir forskyve frå rada over. Forskyving Kolonne Når det er kryssa av for Jamsides, vil kolonnane bli forskyvde med den innskrivne prosentsatsen. Kvar kolonne blir forskyve frå kolonnen framføre. Område i oppgåvepanelet Ein rask måte å endra fyll og gjennomsikt i eit objekt er å bruke feltet område (123) i oppgåvepanelet. Dette feltet er bare aktivt når eit biletobjekt er merkt. Vala for fyll og gjennomsikt er forklarte i «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» ovanfor. Klikk på Fleire innstillingar i øvre, høgre hjørne for å opna dialogvindauget for område for å få meir kontroll med innstillingane for fyll. Figur 123: Område i oppgåvepanelet 162 LibreOffice 4.2 Impress Guide

160 Lage nye områdefyllingar I denne bolken finn du omtalt korleis du kan lage nye fyllingar og korleis du kan bruke dei. Sjølv om det er råd å endre innstillingane for ei førehandsdefinert fylling og deretter trykke på knappen Endra, vil vi ikkje tilrå å bruke denne metoden sidan dei førehandsdefinerte fyllingane kan bli endra ved neste oppdatering av LibreOffice. Tilpass fargane Du kan endre eksisterande fargar eller lage nye i fana Fargar (124). Ein ny farge kan definerast anten som ein kombinasjon av dei tre grunnfargane raud (R), grøn (G) og blå (B) i RGB-notasjon, eller i prosentar av cyanblå (C), magentaraud (M), gul (Y) og svart (K) i CMYK-notasjon. Slik lagar du nye fargar 1) Skriv namnet på den nye fargen i namnefeltet. 2) Bestem om du vil bruke RGB- eller CMYK-notasjon. I RGB blir fargane bestemte i ein skala frå 0 til 255. I CMYK blir komponentane definerte i prosent, frå 0 % til 100 %. 3) Klikk på knappen Legg til. Fargen blilr nå lagt til i nedtrekkslista for fargar. Figur 124: Dialogvindauget Område fanen Fargar Kapittel 6 Formatere biletobjekt 163

161 Figur 125: Dialogvindauget for fargeplukkaren Endra fargar 1) 2) 3) 4) Merk fargen du vil endra i nedtrekkslista for fargar. Vel om du vil bruke RGB- eller CMYK-notasjon og skriv inn dei nye verdiane. Om nødvendig, skriv eit namn på fargen i namnefeltet. Trykk på Endra for å lagra endringa. Redigere fargar 1) Klikk på Rediger for å opna dialogvindauget for fargeplukkaren (125). 2) Endra fargekomponentane anten ved å endra verdiane i RGB-, CMYK- eller HSBmodellen. (HSB står for Hue (kulør), Saturation (metning) og Brightness (lysverdi)). 3) Trykk på OK for å lukke vindauget. 4) Klikk på knappen Endra i dialogvindauget Fargar. 5) Klikk OK for å lagra endringane og lukke dialogvindauget for område. Lagra og bruke tilpassa fargar Alle nye eller endra fargar er bare tilgjengelege i det gjeldande dokumentet. Ønskjer du å bruke fargane også i andre presentasjonar klikk på knappen Lagra fargeliste og skriv inn eit unikt namn på fargen i dialogvindauget Lagra som som kjem opp. Ei fil med lagra fargar har filutvidinga.soc. Klikk på knappen Last inn fargeliste og vel fila som er brukt for tilpassa fargar for å bruke ein av desse fargane. Klikk på Opna for å lasta fargen inn i Impress. 164 LibreOffice 4.2 Impress Guide

162 Tips Du kan også legge til tilpassa fargar frå Verktøy Innstillingar LibreOffice Fargar. Denne måten å gjere det på gjer fargen tilgjengeleg for alle komponentane i LibreOffice. Fargar som er laga slik som omtalt ovanfor, er bare tilgjengelege i Impress. Tilpassa fargeovergangar I fana Fargeovergangar i dialogvindauget Område (126) kan du endra eksisterande fargeovergangar eller laga nye. Det er mange førehandsdefinerte fargeovergangar i LibreOffice og ofte er det nok å endra til- og frå-farge for å få eit tilfredsstillande resultat. Lage eller endra fargeovergangar 1) Vel ein overgangstype frå nedtrekkslista Type: Lineær, Aksiell, Radial, Elliptisk, Kvadratisk eller Kvadrat. 2) Alternativt kan du velje ein av dei førehandsdefinerte overgangstypane viste i førehandsvisinga. 3) Juster innstillingane etter behov. Innstillingane brukte for å lage ein fargeovergang er oppsummerte i Tabell 9. Kva val som er tilgjengelege er avhengig av kva type som er vald. 4) Klikk Legg til for å legge den nye fargeovergangen til i lista. 5) Du bør bruke beskrivande namn på fargeovergangen i staden for standard Fargeovergang 1, Fargeovergang 2 osv. 6) Klikk OK for å lagra den nye fageovergangen. 7) Klikk OK for å lukke vindauget. Figur 126: Dialogvindauget Område FanaFargeovergangar Kapittel 6 Formatere biletobjekt 165

163 Tabell 9: Innstillingane for fargeovergangar Val Bruk Midtstill X For fargeovergangane av type radial, elliptisk, kvadratisk og kvadrat bestemmer dette valet den vassrette forskyvinga av midten av fargeovergangen. Midtstill Y For fargeovergangane av type radial, elliptisk, kvadratisk og kvadrat bestemmer dette valet den loddrette forskyvinga av midten av fargeovergangen. Vinkel For alle typane bestemmer dette valet vinkelen på aksane til fargeovergangen. Kantlinje Bestemmer avstanden frå byrjinga av fargeovergangen til kanten av objektet. Frå Startfargen for fargeovergangen. I ruta under fargevalet kan du skrive inn intensiteten til fargen. 0 % gir svart, 100 % gir full farge. Til Sluttfargen for fargeovergangen. I ruta under fargevalet kan du skrive inn intensiteten til fargen. 0 % gir svart, 100 % gir full farge. Lagra og bruke tilpassa fargeovergangar Alle nye eller endra fargeovergangar er bare tilgjengelege i det gjeldande dokumentet. Ønskjer du å bruke fargane også i andre presentasjonar klikk på knappen Lagra liste med fargeovergangar og skriv inn eit unikt namn på fargovergangen i dialogvindauget Lagra som som kjem opp. Ei fil med lagra fargar har filutvidinga.sog. Klikk på knappen Last inn liste med fargeovergangar og vel fila som er brukt for tilpassa fargeovergangar for å bruke ein av desse overgangane. Klikk på Opna for å lasta fargen inn i Impress. Avanserte kontrollar for fargeovergangar Innstillingane for fargeovergangar kan setjast opp med dei vala som er viste i 126 og Tabell 9. I tillegg har Impress eit grafisk grensesnitt der desse innstillingane kan bli set bare med bruk av datamusa. Då gjer du slik: 1) Merk eit objekt som har ein fargeovergang og opna verktøylinja for bileteffektar frå Vis Verktøylinjer Bikleteffektar (127) på hovudmenyen. Figur 127: Verktøylinja for bileteffektar 2) Opna fana fargeovergangar i dialogvindauget område, sjå «Lage eller endra fargeovergangar» ovanfor. 3) Klikk på knappen Fargeovergang i verktøylinja for bileteffektar. Dette vil legge ei streka linje med ein firkant i kvar ende på fargeovergangen i det valde objektet. Fargane i dei to firkantane er frå- og til-fargane i fargeovergangen (128). 166 LibreOffice 4.2 Impress Guide

164 Figur 128: Endra innstillingane for fargeovergang med musa 4) Fargeovergangen som er brukt for områdefyll i objektet blir justert slik i høve til kva type fargeovergang som er brukt: Lineære fargeovergangar flytt firkanten som representerer frå-fargen for å endre startstaden for fargeovergangen (kantlinje). Flytt firkanten som representerer til-fargen for å endre retninga (vinkel). Aksielle fargeovergangar bare firkanten for til-farge kan flyttast for å endra vinkelen og verdiane for kantlinje for fargeovergangen. Radiale fargeovergangar flytt frå-fage for å endra kantlinjeverdien for å bestemma breidda på sirkelen som fargeovergangen lagar. Flytt til-farge for å endra sluttpunktet for fargeovergangen (verdiane for midtstill X og midtstill Y). Elliptiske fargeovergangar flytt frå-farge for å endra kantlinjeverdien for å bestemma storleiken på ellipsen som fargeovergangen lagar. Flytt til-farge for å endra vinkelen på ellipseaksen og sjølve aksen. Kvadratiske og kvadrat fargeovergangar flytt frå-farge for å endra kantlinjeverdien for å bestemma storleiken på kvadratet eller rektangelet fargeovergangen lagar. Flytt til-farge for å flytte midtpunktet for fargeovergangen. 5) Når du er nøgd med endringane, klikk ein eller annan stad utanfor det valde objektet for å fjerna markeringa av det. Nerk Kva som skjer når du flytter på firkantane er avhengig av kva type fargeovergang som er brukt. For eksempel vil start- og sluttpunktet alltid vere på kvar si side av midtpunktet for ein lineær fargeovergang. Kapittel 6 Formatere biletobjekt 167

165 Custom hatching patterns Vel fana Skravering (129). for å lage nye skraveringsmønster eller redigere eksisterande mønster. Dei ulike vala for skravering er forklarte i Tabell 10. Lage eller endre skraveringsmønsyter 1) Vel ein av dei førehandsdefinerte mønstra viste i førehandsvisinga. 2) Endra innstillingane for linjene som lagar skraveringsmønsteret. Du kan sjå verknaden i førehandsvisinga under dei tilgjengelege mønstra. 3) Klikk Legg til for å legge det nye mønsteret til i lista. 4) Du bør skrive inn eit beskrivande namn på skraveringa i staden for å bruke standardnamna Skravering 1, Skravering 2 osv. 5) Klikk OK for å lagra mønsteret. 1) Klikk OK for å lukke vindauget. Figur 129: Dialogvindauget Område Fanen Skravering Tabell 10: Innstillingane for skravering Val Bruk Avstand Bestemmer avstanden mellom to linjer i mønsteret. Førehandsvosonga blir oppdatert kvar gong denne verdien blir endra. Vinkel Bruk figuren under talverdien for å setje inn vinklar som er multiplar av 45 grader. Dersom vinkelen ikkje skal vere eit multiplum av 45 grader, skriv inn talverdien i feltet for talverdi. 168 LibreOffice 4.2 Impress Guide

166 Val Bruk Linjetype Vel mellom enkel, kryssa eller trippel linjer. Linjefarge Her set du farge på linjene. Lagra og bruke tilpassa skraveringsmønster Alle nye eller endra skraveringsmønster er bare tilgjengelege i det gjeldande dokumentet. Ønskjer du å bruke skraveringa også i andre presentasjonar klikk på knappen Lagra liste med skraveringar og skriv inn eit unikt namn på skraveringa i dialogvindauget Lagra som som kjem opp. Ei fil med lagra fargar har filutvidinga.soh. Klikk på knappen Hent lista med skraveringar og vel fila som er brukt for tilpassa skraveringar for å bruke ei av desse skraveringane. Klikk på Opna for å lasta fargen inn i Impress. Figur 130: Dialogvindauget Område Fanen Punktbilete Tilpassa biletfyll Laga biletfyll 1) Vel Tom frå lista over førehandsdefinerte punktbilete i fana Punktbilete i dialogvindauget Område for å aktiverer Mønsterredigering (130). 2) Vel forgrunnsfarge og bakrgrunnsfarge for biletet frå nedtrekkslistene. 3) Du lagar mønsteret ved å klikke i rutene (pikslane) som skal få forgrunnsfargen. Angrar du valet, kan du klikke ein gong til for å fjerne forgrunnsfargen. Bakgrunnsfargen blir lagt til automatisk på heile rutenettet når du vel fargen. Kapittel 6 Formatere biletobjekt 169

167 4) Du kan sjå resultatet i førehandsvisinga etter kvart som du klikkar på ein av firkantane. 5) Klikk Legg til når du er ferdig for å lagra biletet. 6) Skriv inn eit høveleg namn på biletet i dialogvindauget som kjem opp. Du bør ikkje bruke standardnamna Bilete 1, Bilete 2 osv. dersom du ønskjer å bruke biletet på nytt ein annan stad. 7) Klikk OK for å legge biletet inn i lista og bruke det som områdefyll i det valde objektet. Endre punktbilete Når du gjer endringar i eit punktbilete som du har laga, blir det laga ein kopi av boiletet slik at du kan endre mønsteret i biletet. 1) Merk eitsjølvlaga biletet i førehandsvisinga i fana Punktbilete i dialogvindauget Område (130). 1) Klikk på Endra og skriv inn eit nytt namn på biletet i vindauget som kjem opp. 2) Klikk OK. 3) Vel det nye biletet frå førehandsvisinga i lista og gjer dei ønskte endringane. Sjå «Laga biletfyll» ovanfor for meir om dette. Importere punktbilete 1) 2) 3) 4) Klikk på knappen Importer i fana Punktbilete i dialogvindauget Område (130). Lei deg fram til mappa med fila du ønskjer å bruke og merk ho. Klikk på Opna og skriv inn eit namn på biletet i vindauget som kjem opp. Klikk OK for å legge biletet til i lista over bilete slik at du kan bruke det for områdefylling i det valde objektet. Merk Punktbilete er eit vanleg bilete sett saman av biletpunkt. Det er same slag bilete som du får t.d. frå digitalkamera. Desse bileta har ofte filutvidinga (etternamnet).bmp,.jpg eller.png. Dersom du lagar eit bilete i Draw, vel Fil Eksporter og PNG som filformat når du lagrar det. Lagra og bruke tilpassa punktbilete Alle nye eller endra punktbilete er bare tilgjengelege i det gjeldande dokumentet. Ønskjer du å bruke eit tilpasa bilete også i andre presentasjonar, klikk på knappen Lagra punktbiletlista skriv inn eit unikt namn på biletet i dialogvindauget Lagra som som kjem opp. Ei fil med lagra bilete har filutvidinga.sob. Klikk på knappen Last liste over punktbilet og vel fila som er brukt for tilpassa bilete for å bruke eit av desse bileta. Klikk på Opna for å lasta biletet inn i Impress. Formatere skyggar Skyggar kan brukast på objekt som for eksempel linjer, former og tekst. I Impress kan du raskt legge til ein standardskygge eller ein tilpassa skygge. Standardskyggar Standardskyggane bruker standardinnstillingane i Impress og kan ikkje endrast. 1) Merk objektet 2) Klikk på knappen Skygge 170 LibreOffice 4.2 Impress Guide i verktøylinja for linje og fyll. Skyggen blir lagt til objektet. og

168 Tilpasse skyggar For å tilpasse ein skygge til eit objekt må du bruke fana Skygge i dialogvindauget for Område. Ein annan måte å gjere det på er å bruke ein stil som inneheld skygge. Sjå «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» på side Feil: Fann ikkje kjelda til referansen for meir om bruk av stilar. 1) Merk obejktet og vel deretter Format Område på hovudmenyen eller høgreklikk på objektet og vel Område frå menyen som kjem opp for å opna dialogvindauget Område. 2) Klikk på fana Skygge for å opna sida Skygge (131). Figur 131: Dialogvindauget Område Fanen Skygge 3) Merk av for Bryk skygge og set dei andre innstillingane slik: Plassering vel eit punkt på figurene som indikerer kvar skyggen skal vere. Avstand bestemmer kor langt ut frå onjektet skyggen skal kastast. Farge bestemmer skyggefargen. Gjennomsikt bestemmer kor gjennomsiktig skyggen skal vere. 0 % er fullstendig ugjennomsiktig og 100 % fullstendig gjennomsiktig (usynleg). 4) Klikk OK for å legge den tilpassa skyggen til objektet. Formatere gjennomsikt Gjennomsikt kan brukast på alle objekt og allle skyggar som er brukte i eit objekt. I Impress er det to typar gjennomsikt heildekkande og gradvis gjennomsikt. Du kan finne meir informasjon om gradvis gjennomskit, og eksempel på korleis du kan blande gradvis gjennomsikt med fargeoverganger, i «Avanserte kontrollar for fargeovergangar» på side 166. Sjå «Formatere linjer» på side 152 om korleis du kan bruke gjennomsikt på linjer. Sjå «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» på side Feil: Fann ikkje kjelda til referansen om korleis du kan bruke gjennomsikt på skygger. 1) Merk obejktet og vel deretter Format Område på hovudmenyen eller høgreklikk på objektet og vel Område frå menyen som kjem opp for å opna dialogvindauget Område. 2) Klikk på fana Gjennomsikt for å opna sida Gjennomsikt (132). 3) Merk av for Gjennomsikt for å lage einsformig gjennomsikt og vel deretter kor mange prosent gjennomsikt. 4) Vel Fargeovergang for å lage gradvis gjennomsikt. Du finn eit oversyn over kva dei ulike innstillingane for gradvis gjennomsikt betyr i Tabell 11. 5) Klikk OK for å legge den tilpassa gjennomsikta til objektet. Kapittel 6 Formatere biletobjekt 171

169 Figur 132: Dialogvindauget Område Fanen Gjennomsikt Tabell 11: Innstillingane for gradvis gjennomsikt Val Bruk Type Vel type gjennomsikt. Lineær, aksiell osv. Midtstill X Bestemmer den vassrette forskyvinga av midten av overgangen for typane radial, elliptisk, kvadratisk og kvadrat. Midtstill Y Bestemmer den loddrette forskyvinga av midten av overgangen for typane radial, elliptisk, kvadratisk og kvadrat. Vinkel Bestemmer vinkelen for aksen i overgangen. Gjeld for typane lineær, aksiell, ellipse, kvadratisk og kvadrat. Kantlinje Bestemmer avstanden frå kanten av objektet til der overgangen skal byrja Startverdi Startverdi for gjennomsikt. 0 % er fullstendig ugjennomsiktig, 100 % er full gjennomsikt. Sluttverdi Sluttverdi for gjennomsikt. 0 % er fullstendig ugjennomsiktig, 100 % er full gjennomsikt. Formatere tekst i objekt Impress har to dialogvindauge relaterte til tekstformatering på menylinja: Format Teikn for enkeltteikn og Format Tekst for heile ord, setningar eller avsnitt. Denne bolken handlar bare om formatering av tekst som er lagt til i eit objekt. Du kan finne meir om korleis du kan formetere ein frittståande tekst i eit lysbilete i Kapittel 3 Legge til og formatere tekst. 172 LibreOffice 4.2 Impress Guide

170 Legg til tekst i eit objekt Slik legg du til tekst i eit objekt: 1) Vel objektet som tekste skal leggast inn i slik at utvalshandtaka er synlege. 2) Dobbeltklikk på objektet. Markøren skifter nå til ein «I» for å vise tekstmodus. 3) Skriv inn teksten. 1) Når du er ferdig, klikk utanfor objektet eller trykk Esc-tasten. Formatere og redigere tekst i objekt Slik formaterer du ein tekst i eit objekt: 1) Vel objektet som inneheld teksten. 2) Vel Format Tekst på hovudmenyen eller høgreklikk på objektet og vel Tekst på menyen som kjem opp for å opna dialogvindauget Tekst (133). Figur 133: Dialogvindauget Tekst 3) Rediger og formater teksten med dei tilgjengelege innstillingane. Kva innstillingar som er tilgjengelege, er avhengig av kva objekttype teksten er i. Tilpass breidde til tekst utvidar breidda på objektet dersom teksten er for lang. Tekstbryting i figur byrjar automatisk på ei ny linje når kanten av objektet er nådd. Tilpass høgd til tekst utvidar høgda på objektet dersom teksten er høgare enn objektet (set som standard for linjer). Endra storleik på figuren tilpassa teksten utvidar objektet når teksten er for stor. Tilpass til ramme utvidar teksten slik at han fyller opp ledig plass. Juster til kontur gjer at teksten følgjer ei kurva linje. Avstand til kantane bestemmer avstanden mellom teksten og kantane på objektet. Dette tilsvarar innrykk og avstand i tekstavsnitt. Tekstanker blir brukt for å forankre teksten til bestemt punkt i objektet. Full breidde når denne er avmerka blir teksten forankra i midten av objektet. Teksten vil bruke heile breidda på objektet før eventuell tekstbryting blir brukt. 4) Klikk OK for å lukke vindauget og lagra endringane. Kapittel 6 Formatere biletobjekt 173

171 Tekstanimasjon Slik animerer du ein tekst i eit objekt: 1) Merk objektet som inneheld teksten. 2) Vel Format Tekst på hovudmenyen eller høgreklikk på objektet og vel Tekst på menyen som kjem opp for å opna dialogvindauget Tekst (133). 3) Klikk på fana Tekstanimasjon for å opna dialogvindauget Tekstanimasjon (134). Figur 134: Dialogvindauget for tekstanimasjon 4) Vel animeringstypen frå nedtrekkslista Effekt: Ingen effekt dette er standardinnstillinga. Blink tekstlinja vil blinke på skjermen. Rull gjennom teksten vil gli inn i objektet og ut igjen i den valde retninga. Rull fram og tilbake teksten vil gli inn i objektet i den valde retninga og deretter hoppe tilbake til kanten av objektet. Rull inn teksten vil gli inn frå kanten av objektet i den valde retninga og stoppe i midten av objektet. 5) Her er ei forklaring på verknadane av dei ulike innstillingane: Retning bruk ei av dei fire pilene for å bestemme retninga på tekstrullinga. Start innvendig animasjonen startar inne i objektet. Synleg tekst ved redigering merk av for denne for å sjå teksten under redigeringa. 174 LibreOffice 4.2 Impress Guide

172 Animasjonssyklusar merk av for Kontinuerleg dersom animasjonen skal køyrast heile tida, eller skriv inn eit tal som viser kor mange gonger animasjonen skal køyrast. Auke set kor langt teksten skal flyttast i kvart steg. Du kan velje å bruke pikslar eller andre måleeiningar. Kva måleeiningar som er brukte blir bestemt i Verktøy Innstillingar LibreOffice Impress Generelt. Forseinking bestemmer kor lang tid, anten automatisk eller ei innskiven tidslengde, det skal gå før animasjonen byrjar. 6) Klikk OK for å lukke vindauget og lagra endringane. Formatere sambandslinjer Sambandslinjer er linjer som koplar saman to figurar. Ei sambandslinje byrjar og sluttar alltid i eit festepunkt på eit objekt. Sjå Kapittel 5 Managing Graphic Objects for nærare omtale av korleis bruke sambandslinjer. Figur 135: Dialogvindauget for sambandslinje 7) Slik formaterer du sambandslinjer: 1) Høgreklikk på ei sambandslinje og vel Sambandslinje på menyen som kjem opp for å opna dialogvindauget Samband (135). 2) Vel type sambandslinje i nedtrekkslista Type. 3) Vel Linjeforskyving for sambandslinja. Linjeforskyvinga blir brukt for å skilje linjene når fleire sambandslinjer bruker same løypa og såleis overlappar kvarandre. Du kan forskyve opp til tre samabandslinjer. 4) Vel Linjeavstand for sambandslinja. Linjeavstanden blir brukt for å setje den vassrette eller loddrette avstanden mellom sambandslinja og objektet i kvar ende av sambandslinja. 5) Klikk OK for å lukke vindauget og lagra endringane. Kapittel 6 Formatere biletobjekt 175

173 Arbeide med biletstilar For å gi lysbileta, presentansjonen eller ei samling på fleire objekt den same hovudstilen, er det fornuftig, og enklast, å bruke biletstilar (også kalla grafiske stilar). Biletstilane tilsvarar avsnittsstilane brukte i tekst. Ein biletstil samlar alle formateringsinnstilingane brukte i eit biletobjekt. Når biletstilen er lagra med namn, kan stilen brukast på andre biletobjekt. Når ein biletstil blir endra, for eksempel mindre gjennomsikt for eit område, blir denne endringa automatisk også gjort gjeldande for andre biletobjekt som brukar den aktuelle stilen. Dersom du bruker Impress mykje, er eit bibliotek med gode og veldefinerte biletstilar eit uvurderleg verktøy for å raskt kunne formatere arbeidet i høve til dei stilane du ønskjer å bruke. Det kan vere firmafargar, logoar, skrifttypar og mykje anna. Lenka biletstilar Biletstilar kan koplast saman med «arverett» slik at ein stil («barn») kan lenkast til ein annan biletstil («foreldre») og såleis arva formateringsinnstillingane etter foreldra. Denne måten å kopla saman stilar på kan lage heile familiar med stilar. Dersom du for eksempel treng mange like boksar boksar der einaste skilnaden er fargen på dei, kan du definere ein generell stil som definerer kantar, områdefyll, skrifttype osv. for alle boksane. Deretter lagar du hierarkiske stilar der einaste skilnaden er fyllfargen. Dersom du seinarfe har behov for å endra skriftstorleiken eller breidda på kantlinjene, er det nok å endra foreldrestilen. Dei underliggande stilane blir tildelt dei same endringane automatisk. Laga biletstilar Du kan laga ein ny biletstil anten ved å bruke stilhandsamaren eller frå eit utval. Bruke stilhandsamaren 1) Merk eit grafisk objekt. 2) Trykk på F11-tasten eller trykk på knappen Stilhandsamar på verktøylinja for linje og fyll eller vel Format Stilhandsamar på hovudmenyen for å opna dialogvindauget stilhandsamar (136). 3) Klikk på knappen Biletstilar i tittellinja for dialogvindauget for stilhandsamaren for å opna lista over biletstilar. 4) Vel ein stil i stilhandsamaren mest mogleg lik den du ønskjer å bruke. 5) Høgreklikk på stilen og vel Ny frå menyen som kjem opp for å opna dialogvindauget for biletstilar (137). I utgangspunktet vil dette dialogvindauget lenke den valde biletstilen saman med den nye stilen. 6) Vel Ingen i nedtrekkslista Knytt til på fana Handsamar for å lage ein biletstil utan tilknytting til andre stilar. 7) Gi stilen eit namn som fortel noe om kva stilen gjer. Lettare å finne igjen då. 176 LibreOffice 4.2 Impress Guide

174 Figur 136: Stilhandsamaren for biletstilar Figur 137: Dialogvindauget for biletstilar 8) Bruk dei ulike fanene og tekstfelta i dialogvindauget for setje eigenskapane for stilen: Handsamar inneheld ein kort omtale av stilen og hierarkisk plassering. Skrift, Skrifteffekt, Innrykk og avstand, Tabulatorar og Asiatisk typografi set innstillingane for tekst i eit biletobjekt. Dimensjonering blir brukt for å setje stil for hjelpelinjer. Tekst, Tekstanimering, Sambandslinje, Linje, Område, Skyggelegging og Gjennomsikt bestemmer formateringar av eit biletobjekt og er omtalte ein annan stad i dette kapitlet. 9) Klikk OK når du er ferdig for å lagra den nye biletstilen. Merk Når stilar er lenka, dvs. knytt til andre stilar, vil for eksempel ei endring av skrifttype endre skrifttype for alle stilane som er knytt saman. Av og til er dette nøyaktig det du ønskjer, andre gonger passar det svært dårleg. Her gjeld regelen om god førehandsplanlegging. Kapittel 6 Formatere biletobjekt 177

175 Frå eit vald objekt Du kan lage ein ny stil ut frå eit objekt som er formatert frå før som tekst eller bilete: 1) Merk objektet som skal vere utgangspunkt for den nye stilen og gjer dei ønskte endringane, for eksempel breidda på kantstrekane, fyllfarge osv. 2) Opna stilhandsamaren og trykk på knappen Ny stil frå utval. 3) Skriv inn eit namn på den nye stilen i dialogvindauget Lag stil (138) som kjem opp. Her vil det også kome opp ei liste over eigendefinerte stilar dersom slike finst. 4) Trykk OK for å lagra stilen. Figur 138: Dialogvindauget for å laga stil Endra ein biletstil 1) Opna stilhandsamaren. 2) Høgreklikk på stilen du vil endra og vel Rediger i menyen som kjem opp for å opna dialogvindauget for biletstilar (137). 3) Gjer dei ønskte endringane og klikk OK for å lagra endringane. Oppdatere ein biletstil frå eit utval Slik kan du oppdatere ein stil med endringar som er gjort i eit objekt: 1) Merk objektet som er formatert slik du ønskjer stilen skal vere. 2) Opna dialogvindauget for stilhandsamaren og merk stilen som skal oppdaterast. 1) Klikk på knappen Oppdater stil Tips for å oppdatere stilen med dei nye endringane. Alle endringar du gjer i ein stil gjeld bare i det dokumentet du arbeider på. Heller ikkje stilane brukte i dei tilhøyrande malane blir endra. Ønskjer du å bruke endringane også i andre dokument, må du endre malen. Korleis du gjer dette er omtalt i Kapittel 2 Bruke hovudutformingar, stilar og malar. 178 LibreOffice 4.2 Impress Guide

176 Bruke biletstilar Slik bruker du ein biletstil i eit objekt: 1) Opna stilhandsamaren (136) og klikk på knappen Biletstilar biletstilar. 2) Merk objektet som biletstilen skal brukast på. 3) Dobbeltklikk på namnet på den stilen du vil bruke. for å vise lista over 4) Ein annan måte å gjere det på, er å trykke på knappen Fyllformatmodus. Markøren vil då vise dette ikonet. 5) Plasser markøren med ikonet på biletobjektet og klikk på museknappen. Denne innstillinga er aktiv heilt til du slår ho av, så du kan legge den same stilen til fleire objekt. 6) For å gå ut av fyllformatmodus, trykk på knappenfyllformatmodus igjen eller trykk på Esc-tasten. Merk Når fyllformatmodus er aktiv, vil eit høgreklikk ein eller annan stad i dokumentet slå av den sist brukte fyllformathandlinga. Ver altså forsiktig slik at du ikkje gjer om handlinga ved eit uhell. Tips Nedst i stilhandsamaren er det ei nedtrekksliste der du kan velje om du vil sjå alle stilane eller grupper av stilar som t.d. brukte stilar eller (for biletstilar) eigendefinerte stilar. Fjerna biletstilar Det er ikkje råd å sletta dei førehandsdefinerte stilane i Impress, sjølv om du ikkje bruker dei. Derimot kan du fjerna brukardefinerte (tilpassa) stilar. Før du slettar eu\in stil, bør du forsikra deg om at han ikkje er i bruk. Skulle du ha behov for å sletta ein stil som er i bruk, bør du erstatta han med ein annan stil. 1) Opna stilhandsamaren (136) og trykk på knappen Biletstilar for å få fram lista over biletstilar. 2) Høgreklilkk på ein brukardefinert stil og vel Slett i menyen som kjem opp. 3) Trykk Ja for å bekrefta at bietstilen skal slettast. Tilordna stilar til snarvegtastar LibreOffice har ein del førehandsdefinerte tastesnarvegar som du kan bruke for raskt å ta i bruk ein stil under arbeidet med eit dokument. Du kan omdefinere desse snarvegtastane, eller definere nye etter behov. Dette er omtalt i Tillegg A, Tastesnarvegar. Kapittel 6 Formatere biletobjekt 179

177 Kapittel 7 Inkludera rekneark, diagram og andre objekt

178 OLE-objekt OLE (Object Linking and Embedding) er ein programteknikk som gjer at følgjande filtypar eller dokument kan byggjast inn i eller lenkast til ein presentasjon i Impress. LibreOffice rekneark LibreOffice diagram LibreOffice teikningar LibreOffice formlar LibreOffice tekst Den store fordelen med å bruke OLE-objekt er at desse objekta raskt og enkelt kan redigerast med dei programma som er brukte for å laga dei. Alle desse filtypane kan lagast med LibreOffice og OLE-objekta kan lagast frå nye eller eksisterande filer. Setje inn eit nytt OLE-objekt Eit nytt OLE-objekt som blir sett inn er bare tilgjengeleg i den aktuelle presentasjonen og kan bare redigerast ved hjelp av Impress. Figur 139: Setje inn eit nytt OLE-objekt Slik legg du inn eit nytt OLE-objekt i presentasjonen: 1) Finn fram til lysbiletet som skal ha OLE-objektet. 2) Vel Set inn Objekt OLE-objekt frå hovudmenyen. 3) Vel Lag ny i dialogvindauget som kjem opp (139). 4) Merk kva type OLE-objekt du vil setje inn og klikk OK. 5) Eit nytt OLE-objekt blir sett inn i redigeringsmodus i midten av lysbiletet. Kva slag verktøylinje som blir vist, er avhengig av kva som trengst for å redigere OLE-objektet. Merk Datamaskiner som bruker Microsoft Windows har eit ekstra val, Fleire objekt, i lista over objekttypar. Dette valet vil opne eit nytt vindauge, Set inn objekt, der du kan velje OLE-objekt laga i andre program enn LibreOffice. Alle vala som kjem opp her er kompatible med OLE og LibreOffice. Dette valet er tilgjengeleg både for nye OLEobjekt og OLE-objekt laga frå ei fil. 182 LibreOffice 4.2 Impress Guide

179 Setje inn OLE-objekt frå filer Når du set inn ei eksisterande fil inn i eit lysbilete som OLE-objekt, vil endringar som blir gjort i originalfila ikkje visast i kopien set inn i presentasjonen. Heller ikkje vil endringar som blir gjort i kopien påverka originalfila. Ønskjer du at endringar som blir gjort i originalen eller kopien skal visast i begge versjonane, må du lenke originalfila frå presentasjonen. Figur 140: Setje inn eit OLE-objekt frå fil Slik set du ei fil inn i presentasjonen som eit OLE-objekt: 1) Finn fram til lysbiletet som skal ha OLE-objektet, for eksempel eit rekneark. 2) Vel Set inn Objekt OLE-objekt frå hovudmenyen. 3) Vel Lag frå fil i dialogvindauget som kjem opp. Vindauget vil nå vise eit tekstfelt (140). 4) Klikk Søk for å opna dislogvindauget for å opna filer. 5) Finn fram til fila du vil bruke og trykk på Opna. 6) Merk av for Lenke til fila dersom fila skal setjast inn som ei aktiv lenke slik at endringar gjort i fila blir synkroniserte både i originalfila og i kopien i presentasjonen. 7) Klikk OK for å setje inn fila som eit OLE-objekt. Figur 141: Eksempel på OLE-objekt i redigeringsmodus Kapittel 7 Inkludera rekneark, diagram og andre objekt 183

180 Redigera OLE-objekt Slik kan du redigere eit OLE-objekt etter at det er laga eller sett inn frå ei fil: 1) Dobbeltklikk på OLE-objektet for å opna det i redigeringsmodus (141). Verktøylinjene vil tipassa seg det som er nødvendig for det aktuelle OLE-objektet (142). 2) Når redigeringa er ferdig, klikk kvar som helst utanfor OLE-objektet for å gå ut av redigeringsmodus. 3) Lagra presentasjonen. Alle endringar gjort i OLE-objektet blir også lagra. Figur 142: Eksempel på verktøylinjer for redigering av OLE-objekt Rekneark Eit rekneark som skal brukast i eit lysbilete i Impress kan anten vere ei eksisterande reknearkfil eller setjast inn som eit nytt rekneark som eit OLE-objet. Du finn meir om dette i «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» på side Feil: Fann ikkje kjelda til referansen. Sjølv om du bygg eit rekneark inn i Impress, kan du gjere ganske avanserte utrekningar likevel. Bare dersom utrekningane er svært kompliserte eller med lange formlar, vil det løne seg å lage reknearket i Calc og vise resultatet i Impress Du kan bli freista til å bruke rekneark for å lage komplekse tabellar eller for å vise data i tabellformat. Som oftast vil det vere betre å bruke tabellutformingane i Impress, som er ganske avanserte. Sjå Kapittel 3 Adding and Formatting Text for more information. Heile reknearket blir sett inn i lysbiletet. Dersom reknearket har fleire ark og arket du vil vise ikkje er synleg, dobbeltklikk på reknearket og vel eit anna ark frå fanene nedst i reknearket. Sjå «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» på side Feil: Fann ikkje kjelda til referansen for meir om korleis redigere reknearket. Endra storleik og flytte rekneark Når du endrar storleiken på eller flyter eit rekneark, sjå bort frå den første rada og den første kolonnen, som er lett synlege på grunn av den lyse bakgrunnsfargen, og eventuelle rullefelt. Desse blir bare brukte for å redigere reknearket og blir ikkje viste i lysbiletet. Endra storleik Når det er merkt, kan eit rekneark set inn som eit OLE-objekt handterast som alle andre objekt. Men når du endrar storleiken på eit innebygd rekneark, vil det synlege området av reknearket bli forandra. Slik endrar du storleiken på området reknearket bruker i lysbiletet: To resize the area occupied by the spreadsheet on a slide: 1) Dobbeltklikk på OLE-objektet for å setje det i redigeringsmodus, dersom det ikkje alt er i redigeringsmodus. Merk at utvalshandtaka er synlege rundt kanten av reknearket (141). 2) Flytt markøren over eitt av utvalshandtaka. Markøren vil endra utsjånad for å vise kva effekt som er aktivert. 184 LibreOffice 4.2 Impress Guide

181 3) Klikk og hald nede museknappen medan du drar markøren dit du ønskjer. Slepp knappen når du er ferdig. Hjørnehandtaka verkar på dei to sidene som møter kvarandre i hjørnet, medan handtaka på sidene påverkar bare den aktuelle sida. Flytte Du kan flytte eit rekneark i lysbiletet når det er sett inn som eit OLE-objekt. 1) Merk OLE-objektet slik at utvalshandtaka er synlege. 2) Flytt markøren over kanten av objektet til markøren skifter utsjånad. Normalt ei hand, men dette er avhengig av oppsettet av datamaskinen, ikkje av LibreOffice. 3) Klikk og hald nede museknappen og dra reknearket dit du vli ha det. 4) Slepp opp museknappen. Merk Ikkje dobbeltklikk på OLE-objektet av reknearket slik at du hamnar i redigeringsmodus. Flytting av OLE-objekt av rekneark blir gjort på same måten som flytting av andre objekt i Impress. Redigere rekneark Når eit rekneark blir sett inn i eit lysbiletet, blir det automatisk sett i redigeringsmodus slik at du kan setje inn eller endre data eller endre formatet (eit eksempel er vist i 141). Merk deg plasseringa av det aktive reknearket og dei små handtaka på kanten av reknearket for å endre storleiken. Når du redigerer eit rekneark, vil også verktøylinjene i Impress bli endra slik at det er lettare å redigere reknearket (142). Ei av dei viktigaste endringane er at verktøylinja for formlar kjem fram, like under verktøylinja for formatering. Verktøylinja for formlar inneheld, frå venstre mot høgre: Den aktive cellereferansen eller namnet på eit markert rektangel av celler. Knappen for formelvegvisaren Knappane Summer. og Funksjon, eller knappane Avbryt og Godta avhengig av tilstanden til reknearket. Eit langt felt der du kan skrive inn og sjå på innhaldet i den aktive cella., Er du godt kjend med Calc, vil du kjenne igjen verktøya og menyinnslaga. Sjå Calc Guide for meir im korleis du kan lage og redigere rekneark i LibreOffice. Organisere rekneark Eit rekneark er i utgangspunktet sett saman av fleire tabellar som blir kalla ark. Kvart ark er sett saman av celler. I Impress kan du likevel bare vise eitt ark om gongen i eit lysbilete, sjølv om reknearket som er brukt i lysbiletet inneheld fleire ark. Standarnamna på arka er Ark1, Ark2 osv. dersom dei ikkje har fått nye namn. Arknamna blir viste nedst i reknearkområdet (141). Kvart ark er bygd opp av celler, som er dei grunnleggjande byggesteina i alle rekneark. Kvar celle har si bestemte adresse bestemt av radnummeret vist på venstre kanten av reknearket, og kolonnebokstavar, som er viste øvst på reknearket. Såleis vil cella oppe til venstre bli identifisert som A1, den tredje cella i den andre rada vil ha adressa C2. Alle dataelement, om det er tekst, tal eller formlar, blir skrivne inn i ei celle. Merk Er reknearket du bruker i lysbiletet sett saman av fleire ark, vil bare det aktive laget bli vist når du går ut av redigeringsmodus. Kapittel 7 Inkludera rekneark, diagram og andre objekt 185

182 Setje inn ark Du kan setje inn nye ark i det innebygde reknearket slik: 1) Dobbeltklik på reknearket i lysbiletet for å opna det i redigeringsmodus (141). 2) Høgreklikk på lista over namna på arka i reknearket og vel Set inn Ark i menyen som kjem opp eller klikk på plussteiknet til høgre for arknamna eller vel Set inn Ark på hovudmenyen for å opna dialogvindauget for å setje inn ark (143). 3) Vel plasseringa og kor mange ark som skal setjast inn, namnet på arket eller kva reknearkfil som skal brukast. 4) Trykk OK for å lukke vindauget og setje inn arket. 5) Når du er ferdig med å redigere reknearket, trykk kvar som helst utføre kanten av reknearket for å gå ut av redigeringsmodus og lagra endringane. Figur 143: Dialogvindauget for å setje inn ark Gi reknearka nytt namn Om det er ønskjeleg, kan du gi reknearka nytt namn slik: 1) Dobbeltklik på det innebygde reknearket for å opna det i redigeringsmodus (141). 2) Klikk på arkfanen du vil gi nytt namn. 3) Høgreklikk på arkfanen og vel Endra namn på ark frå menyen som kjem opp, eller vel Format Ark Endra namn på hovudmenyen. 4) Når du er ferdig med å redigere reknearket, trykk kvar som helst utføre kanten av reknearket for å gå ut av redigeringsmodus og lagra endringane. Flytte og kopiere ark Om ønskjeleg kan du kopiere eller flytte det innebygde reknearket slik: 1) Dobbeltklik på reknearket i lysbiletet for å opna det i redigeringsmodus (141). 186 LibreOffice 4.2 Impress Guide

183 2) Høgreklikk på arkfanen og vel Rediger Ark Flytt/kopier ark frå menyen som kjem opp, eller vel Rediger Ark Flytt/kopier på hovudmenyen, for å få fram dialogvindauget for flytting/kopiering av ark (Figure 144). 3) I dialogvindauget vel du om du skal kopiere eller flytte arket, plasseringa av arket og nytt namn på det. 4) Klikk OK for å lukke vindauget og å flytte eller kopiere arket. 5) Du kan også klikke på namnefanen til arket og dra det til den nye plasseringa. 6) Når du er ferdig med å redigere reknearket, trykk kvar som helst utføre kanten av reknearket for å gå ut av redigeringsmodus og lagra endringane. Figure 144: Dialogvindauget Flytt/kopier ark Slette ark Slik kan du fjerne ark frå det innebygde reknearket: 1) Dobbeltklikk på reknearket i lysbiletet for å opna det i redigeringsmodus (141). 2) Klikk på arkfanen du vil slette. 3) Høgreklikk på arkfanen og vel Slett ark frå menyen som kjem opp, eller vel Rediger Ark Slett på hovudmenyen. 4) Klikk Ja for å bekrefta slettinga. 5) Når du er ferdig med å redigere det innebygde reknearket, trykk kvar som helst utføre kanten av reknearket for å gå ut av redigeringsmodus og lagra endringane. Kapittel 7 Inkludera rekneark, diagram og andre objekt 187

184 Cellenavigering Når du opnar eit innebygd rekneark i eit lysbilete, er cella A1 sett som den aktive cella. Du kan aktivere og merke andre celler på ein av desse måtane: Ved hjelp av piltastane på tastaturet. Setje markøren over ei celle og venstreklikke med musa. Bruke Enter-tasten for å flytte markøren ei celle ned, og Shift + Enter for å flytte ei celle opp. Tabulator-tasten for å flytte markøren ei celle mot høgre og Shift + Tabulator for å flytte ei celle mot venstre. Merk Det er fleire andre snarvegtastar for å flytte rundt i reknearket. Sjå Getting Started Guide Chapter 5 Getting Started with Calc for meir om dette. Skrive inn data Data kan bare skrivast inn i ei celle når cella er aktiv, dvs. markert med ein tykk strek rundt. Cellereferansen, dvs. koordinata, for den aktive cella blir vist på venstre sida i formelverktøylinja (142). 1) Merk cella for å aktivere ho og byrja å skrive inn. Det du skriv inn blir også vist i tekstfeltet i formelverktøylinja. Som oftast er det lettare å lese teksten der. 2) Bruk knappane Funksjonsvegvisar, Sum og Funksjon for å skrive inn data, formel eller funksjon inn i cella. Dersom innskrivinga ikkje er ein formel, men for eksempel ein tekst eller dato, skifter knappane Sum og Funksjon til knappane Avbryt og Godta. 3) For å stadfesta datainnskrivinga i ei celle kan du anten klikke på ei anna celle, trykke Enter-tasten eller klikke på knappen Godta. Formatere celledata I dei fleste tilfella vil Impress finne ut av kva type data (tekst, tal, dato osv.) som blir skrive inn og legge til den gjeldande formateringa. I dei tilfella der Impress tar feil, kan du formatere data slik: 1) Merk cella og høgreklikk på cella og vel Formater celler frå menyen som kjem opp, eller vel Formater Celler på hovudmenyen, eller bruk tastesnarvegen Ctrl + 1 for å opna dialogvindauget for å formatere celler (145). 2) Klikk på fana Tal og bruk innstillingane der for å setje opp den ønskte formateringa. 3) Klikk OK for å lukke vindauget og lagra endringane. 188 LibreOffice 4.2 Impress Guide

185 Figur 145: Dialogvindauget for celleeigenskapar Tips Av og til kan det vere fornuftigast å handtere tal som tekst, for eksempel telefonnummer, for å hindre at Impress fjernar nullar framføre talet og høgrejusterer det i cella. Skriv eit enkelt hermeteikn (') framføre talet for å fortelje Impress at det skal handterast som tekst. Formatere rekneark I presentasjonar kan det vere nødvendig eller ønskjeleg å endra formateringa av eit rekneark for å passa stilen som er brukt i presentasjonen. Når du arbeider på eit innebygd rekneark, har du tilgang til og kan bruke alle cellestilane som er brukte i Calc. Som oftast vil det likevel vere ein fordel å bruke eigne cellestilar for rekneark innebygde i lysbilete sidan cellestilane i Calc sjeldan passar med stilane brukte i Impress. Manuell formatering Slik kan du formatere eit innebygd rekneark: 1) Merk ei celle eller eit celleområde. Sjå eventuelt Getting Started Guide Chapter 5 Getting Started with Calc for korleis du kan merke celleområde. a) Du kan merke heile reknearket ved å klikke på den tome cella oppe til venstre på reknearket, mellom rad- og kolonneindeksane, eller bruke tastesnarvegen Ctrl + A. b) Klikk på kolonneoverskrifta øvst på reknearket for å merke ein kolonne. Kapittel 7 Inkludera rekneark, diagram og andre objekt 189

186 2) 3) 4) 5) 6) 7) c) Klikk på radoverskrifta til venstre på reknearket for å merke ei rad Høgreklikk på ei celle og vel Formater celler frå menyen som kjem opp, eller vel Formater celler på hovudmenyen, eller bruk tastesnarvegen Ctrl + 1 for å opna dialogvindauget for celleeigenskapar (145). Bruk dei ulike fanene i dialogvindauget for å formatere det innebygde reknearket slik at det passar stilen som er brukt i presentasjonen. Klikk OK for å lukke vindauget og lagra endringane. Du kan justere kolonnebreidda ved å halde musepeikaren over skiljelinja mellom to kolonnar i overskriftrada til markøren endrar utsjånad til ei dobbeltpil. Då klikkar du på den venstre museknappen og drar linja dit du ønskjer. Du kan justere radhøgda ved å halde musepeikaren over skiljelinja mellom to rader i overskriftrada til markøren endrar utsjånad til ei dobbeltpil. Då klikkar du på den venstre museknappen og drar linja dit du ønskjer. Når du er nøgd med resultatet, trykk kvar som helst utføre kanten av reknearket for å gå ut av redigeringsmodus og lagra endringane. Bruke formateringsstilar Når det blir brukt stilar på eit innebygd rekneark og reknearket er i redigeringsmodus, vil Impress vise dei tilgjengelge stilane i dialogvindauget for stilhandsamaren. Dersom stilen du ønskjer å bruke ikkje er tilgjengeleg, sjå Writer Guide Chapter 6 Introduction to Styles om korleis du kan lage nye stilar. Stilar som er brukte i innebygde rekneark svarar til avsnittsstilar brukte i LibreOffice Writer. Slik bruker du stilar i innebygde rekneark: 1) Vel Format Stilhandsamar på hovudmenyen, eller trykk F11 for å opna dialogvindauget Stilhandsamar. 1) Merk data i ei celle og dobbeltklikk på ein stil stilhandsamaren for å bruke denne stilen. Setje inn rader, kolonnar og celler Slik set du inn rader, kolonnar og celler i eit innebygd rekneark: 1) Merk så mange rader, kolonnar eller celler som du ønskjer å setje inn. 2) Vel Set inn Rader, Set inn Kolonnar eller Set inn Celler på hovudmenyen, eller høgreklikk i utvalet og vel dei tilsvarande kommandoane på menyen som kjem opp. 1) Når du set inn celler, vel måten å gjere det på frå dialogvindauget Set inn celler og klikk OK. Slette rader, kolonnar og celler Slik sletter du rader, kolonnar og celler i eit innebygd rekneark: 1) Merk radene, kolonnane eller cellene som du ønskjer å slette. 2) Vel Rediger Slett Celler på hovudmenyen eller høgreklikk på rad- eller kolonneoverskrifta og vel Slett dei merkte radene eller Slett dei merkte kolonnane eller Slett Slå saman celler Slik slår du saman fleire celler til ei celle: 1) Merk cellene som skal slåast saman. 2) Vel Format Slå saman celler på hovudmenyen og vel anten Slå saman og midtstill celler eller Slå saman celler frå vala som kjem opp. 190 LibreOffice 4.2 Impress Guide

187 1) Ein annan måte er å høgreklikke på dei merkte cellene og velje Slå saman celler frå menyen som kjem opp. Dele celler Slik deler du opp ei gruppe celler som tidlegare er slått saman: 1) Merk cella som inneheld dei samanslåtte cellene. 1) Vel Format Slå saman celler Del celler, eller høgreklikk på cella og vel Del celler frå menyen som kjem opp. Diagram Eit diagram er ei grafisk vising av data frå eit rekneark. Du finn meir informasjon om diagram og bruken av dei i Calc Guide Chapter 3 Creating Charts and Graphs. Setje inn diagram Du kan setje inn diagram som eit OLE-objekt eller ved å bruke Impress sine verktøy. Sjå «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» på side Feil: Fann ikkje kjelda til referansen om korleis du kan setje inn eit diagram som eit OLE-objekt. Slik set du inn eit diagram ved hjelp av verktøya i Impress: 1) Vel Set inn Lysbilete på hovudmenyen, eller høgreklikk i arbeidsområdet og vel Lysbilete Nytt lysbilete frå menyen som kjem opp, eller høgreklikk i lysbiletpanelet og vel Nytt lysbilete frå menyen som kjem opp. Dette vil setje inn eit nytt lysbilete i presentasjonen. Figur 146: Setje inn objekt i eit lysbilete Kapittel 7 Inkludera rekneark, diagram og andre objekt 191

188 Figur 147: Diagram med eksempeldata 2) Vel Set inn diagram på det nye lysbiletet (146) eller bruk Set inn Diagram på hovudmenyen, eller trykk på knappen Diagram på standard verktøylinja. Det vil då bli sett inn eit diagram med eksempeldata i lysbiletet (147). Sjå Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» nedanfor om korleis du kan endra diagramtype. Sjå «Skrive inn diagramdata» på side 194 korleis du kan skrive inn data. Val av diagramtype Figur 148: Dialogvindauget for diagram med todimensjonale diagram Det finst mange måtar å presentere data på ved hjelp av diagram. Impress har mange diagramtypar innebygde som kan vere til stor hjelp. Sjå «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» på side Feil: Fann ikkje kjelda til referansen for eit oversyn over tilgjengelege diagramtypar. 1) Sjå etter at diagrammet er merkt. Dette blir vist med ein kant rundt diagrammet og utvalshandtaka langs kanten 192 LibreOffice 4.2 Impress Guide

189 2) Klikk på knappen for Diagramtype på verktøylinja for formatering, eller vel Format Diagramtype på hovudmenyen, eller høgreklikk på diagrammet og vel Diagramtype på menyen som kjem opp for å opna dialogvindauget for diagramtype (148). 3) Når du merker eit nytt forslag på venstre side i vindauget, vil eksempla oppe til høgre forandre seg. Den valde effekten blir også vist på diagrammet i lysbiletet. 4) Noen diagram har både 2D- og 3D-vising. Er det markert for 3D-vising, kjem det fram fleire val for utsjånaden av 3D-effektane. 5) Vel det oppsette du vil bruke og trykk OK. Vindauget blir lukka og du blir ført tilbake til redigeringsvindauget. 6) Nå kan du redigere vidare på diagrammet, legge til data eller klikke på utsida av det for å gå tilbake til normalvindauget. Diagramtypar Nedanfor finn du eit samandrag av dei ulike diagramtypane. Dette kan vere til hjelp for å finne ein høveleg type til presentasjonen. Diagramma Søyle, Stolpe, Kake, og Område er tilgjengelege både i 2D og 3D. Du kan finne meir om diagram i Calc Guide Kapittel 3 Creating Charts and Graphs. Søylediagram Søylediagramma viser data som utviklar seg i trendar over tid. Dette er den typen som blir brukt når du set inn eit diagram i lysbiletet. Søylediagramma høver best der det er relativt få datapunkt. Har du mange data over tid, er det betre å bruke linjediagram. Stolpediagram Desse diagramma høver best for å visualisere datasamanlikningar der tid er mindre viktig, for eksempel for å samanlikna kor populære ulike produkt er i ein bestemt marknad. Kakediagram Kakediagramma viser ei samanlikning mellom storleikstilhøve som kor mykje ulike avdelingar bruker på ulike element eller kor mykje avdelingane bruker i alt. Dei høver best ved få samanlikningar, gjerne mindre enn seks. Ved fleire samanlikningar blir effekten meir utydeleg. Områdediagram Dette er ei blanding av linje- og søylediagram. Dei passar best for å forsterke visinga av endringsvolum. Områdediagramma har ein større visuell effekt enn linjediagramma, men dette er sterkt avhengig av datatypen som er brukt. Linjediagram Linjediagramma viser utvikling over tid. Ideelle for enkle data og svært nyttige for å vise endringar over tid der du vil vise kontinuitet. I linjediagramma er det nesten alltid X-aksen som viser tida. Linjediagram i 3D vil nesten alltid forvirre sjåaren, så det er betre å bruke breiare linjer for å gjere strekane tydelegare. XY (spreiingsdiagram) Desse diagramma passer fint til å visualisere data som du ikkje har hatt tid til å analysere. Dei er kanskje best til å vise data som har ein fast samanlikningsverdi som for eksempel verdata, reaksjonar ved ulike surnivå, endringar ved ulike høgdenivå eller andre data som samanliknar to talseriar. Normalt blir X-aksen brukt for å plotte inn uavhengige variablar eller kontrollvariablar som t.d. tid. Kapittel 7 Inkludera rekneark, diagram og andre objekt 193

190 Boblediagram Boblediagrammet blir brukt for å samanlikne tre variablar. To av variablane bestemmer plasseringa av midtpunktet av bobla på eit kartesisk diagram, den tredje variabelen bestemmer radius til bobla. Nettdiagram Nettdiagramma tilsvarar polar- eller radardiagram og er nyttige for å samanlikna data som viser ulike tilstandar utan å vere tidsavhengige, for eksempel variablar i eit vitskapleg eksperiment. Polene i eit nettdiagram tilsvarar Y-aksen i andre diagram. Som oftast vil mellom tre og åtte aksar gi best resultat. Fleire aksar vil som oftast verke forvirrande. Aksjediagram Dette er spesielle utgåver av søylediagram tilpassa for å vise aksjeutvikling. Du kan velje mellom tradisjonelle linjer, søyler eller tokolonnediagram. Dataane for desse diagramma inneheld ein serie for opningsverdi, ein serie for lukkingsverdi og seriar for høgste og lågaste verdi. X-aksen viser tida. Søyle og linjediagram Dette er ei blanding av dei to andre diagramtypane. Det kan vere nyttig for å vise to særskilde, men relaterte dataseriar, for eksempel sal over tid (søyle) og utviklinga av fortenestemarginen (linje). Skrive inn diagramdata 1) Sjå etter at diagrammet er merkt og at du har vald diagramtype. 2) Klikk på knappen Diagramdatatabell, eller vel Vis Diagramdatatabell, eller høgreklikk på diagrammet og vel Diagramdatatabell frå menyen som kjem fram for å opna dialogvindauget Datatabell (Figure 149). 3) Fyll ut datatabellen ved å skrive eller lime inn data i dei aktuelle cellene. Du kan også bruke knappane oppe til venstre i vindauget for å setje inn, slette eller flytte data. Figure 149: Dialogvindauget for datatabellen 194 LibreOffice 4.2 Impress Guide

191 Legge til og fjerne element i diagrammet Eksempeldiagrammet som blir sett inn i eit lysbilete inneheld bare to element: diagramveggen og diagramforklaringa, som også blir kalla nøkkelen. Slik kan du legge til eller fjerne element i eit diagram: 1) Sjå etter at diagrammet er merkt og i redigeringsmodus. 2) Gå til Set inn på hovudmenyen og vel eit element som du vil legge til i diagrammet, eller høgreklikk på diagramveggen eller eit element i diagrammet og vel eit element frå menyen som kjem opp. Når du vel eit element, blir det opna eit dialogvindauge der du kan setje innstillingane for elementet.. Merk Menyen du får opp ved å høgreklikke på eit element inneheld fleire val enn den du får opp frå hovudmenyen. Kor mange val som kjem opp er avhengig av kva elementtype som er vald. 3) Du kan fjerne eit element frå eit diagram ved å høgreklikke på elementet som skal fjernast og velje Klipp ut frå menyen som kjem opp. Vala i oppsprettmenyen er avhengig av kva elementtype som er markert. 4) Merk eit element og trykk Delete-tasten eller Rettetasten ( ) for å fjerna det frå diagrammet. Formatere diagram Slik endrar du formatet på eit merkt diagram: 1) Sjå etter at diagrammet er merkt og i redigeringsmodus. 1) Gå til Format på hovudmenyen og vel eit element som du vil formatere, eller høgreklikk på eit element i diagrammet og vel ei formatering frå menyen som kjem opp. Når du vel eit element, blir det opna eit dialogvindauge der du kan setje innstillingane for formateringa av elementet. Kva formatinnstillingar som kjem opp er avhengig av om heile diagrammet er merkt eller av kva element som er valde. Sjå Calc Guide Kapittel 3 Creating Charts and Graphs om formatering av diagram. Endra storleik på og flytte diagram Du kan endra storleiken og flytte eit diagram interaktivt eller ved å bruke dialogvindauget Posisjon og storleik. Det er også råd å bruke ein kombinasjon av desse metodane. Endra storleik Slik endrar du storleiken interaktivt: 1) Klikk på diagrammet slik at utvalshandtaka blir synlege. 2) Klikk og dra eit utvalshandtak oppe eller nede på diagrammet for å endra høgda på diagrammet. 3) Klikk og dra eit utvalshandtak på høgre eller venstre sida av diagrammet for å endra breidda på diagrammet. 1) Klikk og dra eit utvalshandtak i eitt av hjørna for å endra høgda og breidda på diagrammet samastundes. For å behalda sideforholdet, hald nede Shift-tasten medan du drar. Kapittel 7 Inkludera rekneark, diagram og andre objekt 195

192 Flytting Slik flytter du diagrammet interaktivt: 1) Klikk på diagrammet slik at utvalshandtaka blir synlege. 2) Set markøren kvar som helst i diagrammet unntatt på utvalshandtaka. 3) Når markøren endrar utsjånad kan du klikke og dra diagrammet til den nye plasseringa. 4) Slepp museknappen når diagrammet er på plass der det skal vere. Dialogvindauget Posisjon og storleik Slik bruker du dialogvindauget Posisjon og storleik for å flytte eller endra storleik på diagrammet: 1) Klikk på diagrammet slik at utvalshandtaka blir synlege. 2) Vel Format Posisjon og storleik på hovudmenyen, eller høgreklikk på diagrammet og vel Posisjon og storleik frå menyen som kjem opp, eller trykk F4 for å opna dialogvindauget for posisjon og storleik (Figure 150). Du kan finne meir informasjon om dette dialogvindauget i kapittel 6 Formatting Graphic Objects. Figure 150: Dialogvindauget posisjon og storleik Elementa i diagrammet Du kan også flytte og endra storleiken på kvart element i diagrammet uavhengig av dei andre elementa. For eksempel kan du flytte forklaringane til ein annan stad enn der Impress har plassert dei. I kakediagram kan du flytte kakestykka kvar for seg eller du kan «eksplodera» heile kaka. 196 LibreOffice 4.2 Impress Guide

193 1) Dobbelklikk på diagrammet slik at det er i redigeringsmodus. 2) Klikk på eit av elementa i diagrammet for å merke det. Dette ser du ved at utvalshandtaka blir synlege. 3) Flytt markøren over det valde elementet og klikk og dra det dit du vil ha det. 4) Slepp museknappen når elementet er på plass der det skal vere. Merk Dersom diagrammet er i 3D, vil utvalshandtaka vere runde. Desse kontrollerer den tredimensjonale vinkelen på diagrammet. Du kan ikkje flytte eller endra storleiken på diagrammet når desse runde handtaka er synlege. Hald nede Shift-tasten medan du klikkar for å gå tilbake til dei kvadratiske handtaka slik at du kan endra storleiken og flytte på 3D-diagrammet. Endra bakgrunnen i diagramområdet Diagramområdet er det området som omgir grafikken i diagrammet og eventuelle overskrifter og nøklar. Figur 151: Dialogvindauget for diagramområde 1) Dobbelklikk på diagrammet slik at det er i redigeringsmodus. 2) Vel Format Formater utvalet på hovudmenyen, eller høgreklikk i diagramområdet og vel Formater diagramområdet eller dobbeltklikk i diagramområdet for å opna dialogvindauget Diagramområde (151). 3) Klikk på fana Område for å opna sida som handlar om diagramområde. 4) Vel kva type bakgrunnsfyll du vil bruke frå nedtrekkslista Fyll. Kva innstillingar som er tilgjengelege, er avhengig av fylltypen som er vald. 5) Klikk OK for å lagra innstillingane og lukka vindauget. Kapittel 7 Inkludera rekneark, diagram og andre objekt 197

194 Endra bakgrunnen for diagramveggen Diagramveggen er det området som inneheld grafikken i diagrammet. 1) Dobbelklikk på diagrammet slik at det er i redigeringsmodus. 2) Vel Format Formater utvalet på hovudmenyen, eller høgreklikk på diagramveggen og vel Formater diagramveggen eller dobbeltklikk på diagramveggen for å opna dialogvindauget Formater diagramveggen. 3) Klikk på fana Område i dialogvindauget som kjem fram. Denne sida har dei same vala som er omtalte i «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» ovanfor. 4) Klikk OK for å lagra innstillingane og lukka vindauget. Filmar og lyd Bruke mediafiler Slik set du inn ei mediafil i presentasjonen: 1) Klikk på knappen Set inn film i lysbiletutforminga (146) eller vel Set inn Video og lyd på hovudmenyen for å opna dialogvindauget Set inn video og lyd (152). 2) Vel mediafila som skal brukast og klikk på Opna for å legge objektet inn i lysbiletet. Figur 152: Dialogvindauget for Set inn video og lyd Merk Alle mediafiler vil byrje avspelinga så snart lysbiletet blir vist i presentasjonen. Tips For å sjå ei liste over lyd- og videofiler som Impress har støtte for, bruk nedtrekkslista over filtypar. Som standard vil lista vise Alle videofiler og alle lydfiler. Dette gjer at du kan kome i skade for å velje filer som Impress ikkje kan visa, t.d. MOV-formatet. 198 LibreOffice 4.2 Impress Guide

195 (Eldre utgåver av) Impress legg som standard inn mediafiler som lenker, ikkje som innebygde filer. Dersom presentasjonen blir flytt til ein annan datamaskin, vil lenkene bli brotne og ingen mediafil blir vist. Slik kan du unngå dette: 1) Legg alle mediafilene som er brukte i presentasjonen i den same mappa som presentasjonen er i. 2) Set inn mediafila i presentasjonen. 3) Kopier mappa med presentasjopnen og mediafilene til datamaskinen som skal brukast for å vise presentasjonen. Dette stemmer ikkje heilt. Både i LibreOffice 4.2 og i LibreOffice 4.3 kan du velje om fila skal vere innebygd eller med lenke. Standard er å legge fila inn i dokumentet, men du kan krysse av for Lenkje i dialogvindauget for å setje inn lenke til video- eller lyd-fila. Bruke galleriet Slik set du inn mediefiler direkte frå galleriet: 1) Dersom galleriet ikkje er opna frå før, vel Verktøy Galleri frå hovudmenyen. 2) Leit deg fram til eit tema som inneheld medietema, for eksempel lydar. 1) Klikk på video- eller lydfila som skal setjast inn, og dra ho inn i lysbiletområdet. Medieavspeling Verktøylinja for medieavspeling (153) blir opna automatisk når ei mediefil er merkt. Standardplasseringa for verktøylinja er nedst på skjermen, like over verktøylinja for teikning, men du flytte ho kvar som helst på skjermen. Dersom verktøylinja ikkje kjem fram, kan du få ho fram frå Vis Verktøylinjer Medieavspeling på hovudmenyen. Figur 153: Verktøylinja for medieavspeling Verktøylinja for medieavspeling inneheld desse verktøya, frå venstre mot høgre: Video og lyd opens the Insert Movie and Sound dialog where you can select a media file to be inserted. Spel, Pause, Stopp kontrollerer avspelinga. Gjenta dersom denne er markert, vil fila bli avspelt kontinuerleg. Avspelingsbrytaren bestemmer startposisjonen for avspelinga. Tidtakar viser gjeldande posisjon i medieklippet og totallengda av fila. Demp slår av eller på lyden. Volumbrytar justerer lydvolumet. Vis skalering nedtreksmeny. Bare tilgjengeleg for video. Blir brukt for å skalerer visinga. Mediespelar Impress har ein innebygd mediespelar slik at du kan førehandsvise alle typar mediefiler som skal setjast inn i presentasjonen. Du opnar mediespelaren frå Verktøy Mediespelar på hovudmenyen. Verktøya er dei same som viste på verktøylinja for mediespelaren (153). Kapittel 7 Inkludera rekneark, diagram og andre objekt 199

196 Formlar Vel Set inn Objekt Formel på hovudmenyen for å lage ein formel (Math-objekt) i eit lysbilete. Du kan også setje inn ein formel som eit OLE-objekt. Sjå «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» på side Feil: Fann ikkje kjelda til referansen for meir om dette. Når du redigerer ein formel, vil Math-menyen bli synleg slik at du kan bruke denne. Når du lagar ein formel bør du vere merksam på skriftstorleikane og tilpassa dei til resten av presentasjonen. Du kan endra skriftstorleiken for eit Math-objekt frå Format Skriftstorleik på hovudmenyen. Ønskjer du å endre skrifttype, vel Format Skrifter på hovudmenyen. Du finn meir om korleis du lagar formlar i Getting Started Guide Chapter 9 Getting Started with Math or the Math Guide. Merk Ulikt formlar i Writer, blir ein formel i Impress handtert som eit objekt og vil ikkje bli automatisk justert i høve til andre objekt i lysbiletet. Formelen kan flyttast rundt som andre objekt, men du kan ikkje endra storleiken på han. Teikningar, tekstfiler, HTML-filer og andre objekt Du kan setje inn teikningar, tekstfiler, HTML-filer og andre objekt inn i ein presentasjon, men bare dersom objekta er kompatible med presentasjonar i Impress. Vel Set inn Fil på hovudmenyen for å opna dialogvindauget for å velje filer. Bare filer som er kompatible med Impress vil vere tigjengelege i vindauget. Teikningar, tekstfiler, HTML-filer og andre objekt kan også setjast inn som OLE-objekt. Sjå «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» på side Feil: Fann ikkje kjelda til referansen for meir om dette. Merk For datamaskiner som bruker operativsystem frå Microsoft Windows er det eit ekstra val, Set inn Objekt OLE-objekt Fleire objekt. Klikk på denne for å opna eit dialogvindauge der du kan velja program for å laga eller opna eit OLEobjekt som er kompatibelt med OLE-standarden. 200 LibreOffice 4.2 Impress Guide

197 Kapittel 8 Legge til og formatere lysbilete, notat og støtteark

198 Innleiing Dette kapitlet forklarer korleis du kan legge til nye lysbilete i presentasjonen og korleis formatere lysbilete, notat og støtteark. Notata blir som oftast brukte for å gi påminningar til den som viser presentasjonen, medan støttearka stort sett blir brukte for å laga papirutgåver av presentasjonen. Legge til, gi nytt namn til og slette lysbilete To ulike sprettoppmenyar er tilgjengelege når du skal utføre operasjonar på lysbilete. Den ein får du fram ved å høgreklikke på eit lysbilete i arbeidsområdet og velje Lysbilete i menyen som kjem opp (154). Den andre får du fram ved å høgreklikke på miniatyren av lysbiletet i lysbiletpanelet (155). Figur 154: Oppsprettmenyen for arbeidsområdet Figur 155: Oppsprettmenyen frå lysbiletpanelet 202 LibreOffice 4.2 Impress Guide

199 Legge til nye lysbilete Eit nytt lysbilete blir sett inn etter det aktive lysbiletet eller der det sist blei klikka med musebrytaren. Dersom det er brukt ulike hovudutformingar o presentasjonen, vil det nye lysbiletet bruke utforminga brukt i biletet framføre. Slik kan du legge til lysbilete i ein presentasjon: 1) Når visinga er sett til normal, disposisjon eller lysbiletsortering, vel Set inn Lysbilete på hovudmenyen. 2) Når visinga er sett til normal, disposisjon eller notat, høgreklikk på lysbiletpanelet og vel Nytt lysbilete frå menyen som kjem opp. 3) Når visinga er sett til lysbiletsortering, klikk i hovudarbeidsområdet og vel Nytt lysbilete frå menyen som kjem opp.. 1) Når visinga er sett til normal, høgreklikk i arbeidsområdet og vel Lysbilete Nytt lysbilete frå menyen som kjem opp. Setje inn lysbilete frå andre presentasjonar Innsetjing frå fil Figur 156: Dialogvindauget for Set inn lysbilete/objekt 1) Merk i normalvisinga lysbiletet framføre der du vil setje inn det nye lysbiletet. 2) Vel Set inn Fil på hovudmenyen for å opna dialogvindauget for å setje inn filer. 3) Finn og merk fila i dialogvindauget for å setje inn filer og klikk på Set inn. Dette vil opna dialogvindauget for å setje inn lysbilete eller objekt (Figure 150). 4) Klikk på symbolet framføre filnamnet for å liste ut alle lysbileta. 5) Vel lysbiletet du vil bruke i presentasjonen. 6) Kryss av for Lenkje for å legge lysbiletet inn som eit OLE-objekt. 1) Klikk OK. Lysbiletet blir sett inn i presentasjonen etter det merkte lysbiletet i presentasjonslista. Kapittel 8 Legge til og formatere lysbilete, notat og støtteark 203

200 2) Click OK. The slides are inserted after the selected slide in the presentation. Merk Når eit lysbilete blir sett inn frå ei fil, kan du i staden for å kopiere lysbiletet, lenke til det. Dette vil bygge lysbiletet inn i presentansjonen som eit OLE-objekt. Sjå kapittel 7 Inkludera rekneark, diagram og andre objekt for meir informasjon om OLE-objekt. Tips 156 Viser også at det kan vere lurt å gi beskrivande namn til lysbileta i ein presentasjon. Lysbilete 1, Lysbilete 2 osv. seier ikkje så mykje. Sjå «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» på side Feil: Fann ikkje kjelda til referansen om dette. Kopiere og lime inn mellom presentasjonane 1) Opna presentasjonane du vil kopiere frå og lime inn i. 2) I presentasjonen som du skal kopiere frå, vel Vis Lysbiletsortering på hovudmenyen, eller klikk på fana Lysbiletsortering i arbeidsområdet slik at du lett kan sjå lysbileta i presentasjonen. 3) Merk lysbileta du vil kopiere og vel Rediger Kopier på hovudmenyen, eller høgreklikk og vel Kopier på menyen som kjem opp, eller trykk på knappen Kopier på standard verktøylinja, eller du kan bruke tastekombinasjonen Ctrl + C for å kopiere lysbileta. 4) Gå til presentasjonen der lysbileta skal limast inn og vel Vis Normal eller Vis Lysbiletsortering på hovudmenyen eller trykk på fana Normal eller Lysbiletsortering i arbeidsområdet. 5) Merk lysbiletet framføre der det nye lysbiletet skal setjast inn. 1) Vel Rediger Lim inn på hovudmenyen eller høgreklikk og vel Lim inn på menyen som kjem opp eller trykk på knappen Lim inn på standard verktøylinja eller bruk tasktekombinasjonen Ctrl + V for å lime det kopierte lysbiletet inn i presentasjonen. Dra og slepp mellom presentasjonane 1) Opna begge presentasjonane som du skal byte lysbilete mellom og still dei opp slik at begge presentasjonane er synlege på skjermen. 2) Vel Vis Lysbiletsortering på hovudmenyen eller klikk på fana Lysbiletsortering frå arbeidsområdet for begge presentasjonane. 3) Merk lysbileta du skal kopiere. 4) Klikk og hald nede den venstre museknappen medan du drar det valde lysbiletet over den andre presentasjonen og slepp museknappen. 1) Dersom du heller vil kopiere lysbileta, hald nede Ctrl-tasten medan du drar lysbileta frå den eine presentasjonen til den andre. Kopiere lysbilete Ein enkel måte å legge til lysbilete er å kopiere dei ved å laga duplikat av eit lysbilete som inneheld den formateringa, utforminga, animasjonen osv. som du ønskjer å bruke. Slik lagar du duplikat av eit lysbilete: 1) Vel Vis Normal eller Vis Lysbiletsortering på hovudmenyen eller trykk på fana Normal eller Lysbiletsortering i arbeidsområdet. 2) Merk lysbiletet du vil kopiere. 1) Vel Set innn Lag kopi av lysbilete på hovudmenyen eller høgreklikk og vel Lag kopi av lysbilete på menyen som kjem opp. Kopien blir sett inn etter originallysbiletet. 204 LibreOffice 4.2 Impress Guide

201 Tips Bruk Lag kopi av lysbilete når eit lysbilete blir for overfylt med informasjon og såleis vanskeleg for andre å forstå. Lag ein kopi av det overfylte lysbiletet og fordel informasjonen på to (eller fleire) lysbilete. All formatering, bakgrunn osv. vil vere den same for begge (alle) lysbileta, bare informasjonen vil skifte. Gi eit lysbilete nytt namn Du kan gi eit lysbilete nytt namn slik: 1) Vel Vis Normal eller Vis Lysbiletsortering på hovudmenyen eller trykk på fana Normal eller Lysbiletsortering i arbeidsområdet. 2) I normalvisinga, høgreklikk på lysbiletet i lysbiletpanelet og vel Lysbilete Endra namn på lysbilete frå menyen som kjem opp. Figur 157: Dialogvindauget for nytt namn 3) I lysbiletsorteringsvisinga, høgreklikk på lysbiletet og vel Endra namn på lysbilete frå menyen som kjem opp. 4) Skriv inn det nye namnet i dialogvindauget som kjem fram (157) og klikk OK. Dele opp lysbilete ved utviding Ein gong i blant kan hende du lagar eit lysbilete med alt for mange detaljar til at dei kan bli viste skikkeleg på den plassen som er til rådvelde. I staden for å redusera skriftstorleiken eller bruke andre metodar for å pressa teksten inn i lysbiletet, er det betre å fordele innhaldet på to eller fleire lysbilete. Som nemnd i «Kopiere lysbilete» på side 204, kan du lage kopi av lysbiletet og dele det opp manuelt. Ein annan måte er å utvide lysbiletet: 1) Lag ein kopi av lysbiletet slik at du har noe å falle tilbake på dersom noe går gale. 2) Vel Set inn Utvid lysbiletet frå hovudmenyen for kvart av dei høgaste disposisjonsnivåa. Disposisjonsteksten blir overskrifta i kvart nye lysbilete. Disposisjonspunkt lågare enn toppnivået på det opphavlege lysbiletet blir flytt opp eitt nivå i dei neste lysbileta. 1) Om nødvendig kan du repetera dette for alle lysbileta som inneheld oppføringar på nivå 2 av disposisjonen slik at også desse kan utvidast. Figure 158 viser eit lysbilete med disposisjonsnivå utvida ved hjelp av Utvid lysbiletet. Kvart utvida lysbilete har fått overskrifta frå kvart av andrenivå-punkta på det opphavlege lysbiletet. Kapittel 8 Legge til og formatere lysbilete, notat og støtteark 205

202 Figure 158: Originallysbiletet utvida Merk For at utvidingskommandoen skal verka, må lysbiletutforminga innehalde bare éin autoutformingsboks. I alle andre tilfelle er kommandoen gråa ut som utilgjengeleg. Laga oppsummeringsbilete Det er også mogleg å reversera lysbiletutvidinga og laga eit oppsummeringslysbilete. Ei slik oppsummering kan vere nyttig for å lage ein disposisjon for presentasjonen. 1) Merk lysbiletet som skal vere det første i summeringa. 2) Vel Set inn Oversiktslysbilete på hovudmenyen for å laga eit nytt lysbilete (153) ved slutten av presentasjonen. Alle titlane i lysbileta framføre blir lista opp som ei punktliste i dette lysbiletet. 1) Du kan redigera og flytte dette lysbiletet på same måten som alle andre lysbileta i presentasjonen. For eksempel kan dette lysbiletet visast tidleg i presentasjonen for å gjere publikum merksam på kva som skal skje, eller du kan avslutte med ei oppsummering. 206 LibreOffice 4.2 Impress Guide

203 Figure 159: Lysbiletet med samandraget Slette lysbilete Slik slettar du lysbilete frå presentasjonen: 1) Merk lysbiletet du vil fjerna. Dersom du er i normalvisinga, vel du Rediger Slett lysbilete. Frå arbeidsområdet vel du Lysbilete Slett lysbilete frå menyen som kjem opp eller trykk på Delete-tasten. 2) I normal- og disposisjonsvisinga kan du merke eit eller fleire lysbilete i lysbiletpanelet og høgreklikke og velje Slett lysbilete frå menyen som kjem opp eller du kan trykke på Delete-tasten. 1) I visinga lysbiletsortering kan du merke eitt eller fleire bilete og høgreklikke og velje Slett lysbilete frå menyen som kjem opp. Lage lysbilete frå ein disposisjon Når du planlegg ein presentasjon, kan det vere nyttig å lage ein disposisjon ved hjelp av LibreOffice Writer. Denne disposisjonen kan du bruke for å lage eitt eller fleire lysbilete for kvart av elementa i overskriftsnivåa i disposisjonen. Bruke disposisjon frå Writer Disposisjonspunkta i Writer må vere tekst formatert som overskrift. 1) Opna fila i Writer som du vil bruke som disposisjon for å laga presentasjonenen. 2) Vel Fil Send Ein disposisjon til ein presentasjon på hovudmenyen i Writer. Dette vil lage ein ny presentasjon der tekstane som er formaterte som overskrifter blir med i utformimga. 3) Den nye presentasjonen blir opna i Impress i disposisjonsvising (160) og overskriftstilane blir omforma til disposisjonsstilar i Impress. Kapittel 8 Legge til og formatere lysbilete, notat og støtteark 207

204 4) Har du laga for mange disposisjonsnivå til at visinga blir vellukka, kan du utvida dette lysbiletet. Sjå «Dele opp lysbilete ved utviding» på side 205 eller lag kopie av lysbiletet og endra innhaldet manuelt. Sjå «Kopiere lysbilete» på side 204. Figur 160: Disposisjon laga i LibreOffice Writer I Writer-dokumentet i 160 er linjene «Bruke Impress», «Hovudvindauget i Impress» og «Arbeidområdet, visingar» formaterte som Overskrift 1 og blir overskrifter i eit nytt lysbilete. Dei andre linjene er formaterte som Overskrift LibreOffice 4.2 Impress Guide

205 Bruke autosamandrag Figure 161: Notat - hovudutforminga For å kunne laga ein presentasjon ved hjelp av autosamandrag, må teksten innehalde overskrifter som er formaterte med avsnittstilar for overskrifter. Når du bruker autosamandrag for å kopiera overskrifter og tilhøyrande avsnitt til ein ny presentasjon, kan du bestemma kor mange disposisjonsnivå som skal brukast, i tillegg også kor mange avsnitt som skal visast. 1) Opna den aktuelle fila i Writer. 2) Vel Fil Send Autosamandrag til presentasjon på hovudmenyen for å opna dialogvindauget Lag autosamandrag (163). 3) I Inkluderte disposisjonsnivå vel du kor mange disposisjonsnivå som skal kopierast til presentasjonen. Dersom du for eksempel vel tre nivå blir alle avsnitt med overskriftsnivå 1 til 3 inkluderte saman med talet på avsnitt vald i Avsnitt per nivå. 4) Når du trykker OK blir det laga ein ny presentasjon som blir opna i visingsmodus i Impress. Overskriftsstilane og avsnittsstilane blir omforma til disposisjonsstilar i Impress. 5) Noen disposisjonsstilar kan ha for mange punkt til å få plass på éi side, sjå «Dele opp lysbilete ved utviding» på side 205 om korleis du kan ordna dette, eller kopier lysbiletet og endra innhaldet manuelt slik som forklart i «Kopiere lysbilete» på side ) Når ein presentasjon blir laga på denne måten, kan noen hierarkiske strukturar for disposisjonane bli borte. Bruk flyttepilene på verktøylinja for tekstformatering for å flytte disposisjonspunkta til det rette hierarkiske nivåa. Kapittel 8 Legge til og formatere lysbilete, notat og støtteark 209

206 Kopiere og lime inn ein disposisjon Slik kopierer du ein disposisjon og limer han inn i ein eksisterande eller ein ny presentasjon: 1) Opna fila som inneheld den ønskte disposisjonen i Writer,. 2) Merk disposisjonen og vel Rediger Kopier på hovudmenyen eller høgreklikk på disposisjonen og vel Kopier på menyen som kjem opp. 3) Lag ein ny presentasjon i Impress eller lag eit nytt lysbilete i ein eksisterande presentasjon. 4) Vel ei Tittel, innhald-utforming i oppgåvepanelet (sjå Velje ei lysbiletutforming på side 214). 5) Lim disposisjonen inn i tekstområdet i lysbiletet. 6) Dersom det ikkje blir plass til all teksten kan du anten utvida lysbiletet (sjå «Dele opp lysbilete ved utviding» på side 205) eller lag ein kopi av lysbiletet og endra innhaldet manuelt (sjå «Kopiere lysbilete» på side 204). 1) Når ein presentasjon blir laga på denne måten, kan noen hierarkiske strukturar for disposisjonane bli borte. Bruk flyttepilene på verktøylinja for tekstformatering for å flytte disposisjonspunkta til det rette hierarkiske nivåa. Tips Det kan vere nyttig å ha vindauget med stilhandsamaren for presentasjonen opna for å sjå kvart enkelt disposisjonsnivå. Endra lysbileta Bruk hovudutformingane for å gi presentasjonen ein profesjonell utsjånad og for å sleppa å endra utforminga manuelt for kvart einskild lysbilete. Du kan bruke fleire hovudutformingar i ein og same presentasjonen for å gi grupper av lysbilete den same utforminga og for å sleppa å formatera kvart lysbilete for seg i ei lysbiletgruppe. Sjå kapittel 2, Bruke hovudutforming, stilar og malar i denne handboka for meir informasjon om bruk av hovudutformingar. Formatere lysbilete og sideområde Merk Alle endringar av sideformatet (storleik, margar osv.) blir brukt på alle lysbileta i presentasjonen. I Writer og Calc kan du definera mange sidestilar, men i Impress er det bare råd å definera éin sidestil. Sjå «Endra lysbiletbakgrunnen» på side 213 korleis du likevel kan forandra bakgrunnen i kvart lysbilete for seg. 210 LibreOffice 4.2 Impress Guide

207 Figur 163: Velja disposisjonsnivå for autosamandrag Figur 162: Dialogvindauget for sideoppsett Dialogvindauget for sideoppsett (162) blir brukt til å setja opp utsjånaden på ei side eller eit lysbilete i Impress for normal-, notat- og støttearkvisingar. 1) Sjå etter at du er i normal-, notat- eller støttearkvising. 2) Vel Format Side på hovudmenyen eller høgreklikk på lysbiletet og vel Lysbilete Sideoppsett for å opna dialogvindauget for sideoppsett (162). 3) Gjer dei dei ønskte endringane ved hjelp av innstillingane som er forklarte nedanfor. 4) Klikk OK for å lagra endringane og lukke vindauget. Kapittel 8 Legge til og formatere lysbilete, notat og støtteark 211

208 Her er ei liste med forklaringar over vala du har i dialogvindauget for sideoppsett: Papirformat vel frå ei liste over førehandsdefinerte lysbiletstorleikar eller definer ditt eige format. Standardformatet for skjermvisingar brukt på lysbilete er tilpassa ein skjerm med sideforholdet 4:3. Du kan her endra dette til å vise lysbiletet for eksempel i eitt av breiskjermformata eller i eitt av mange papirformat. Format vel ein førehandsdefinert papirstorleik eller lag eit eige format ved å skriva inn dimensjonane i boksane for breidd og høgd. Breidd viser breidda på det valde formatet. Du kan også skrive inn ei breidde her. Høgd viser høgda på det valde formatet. Du kan også skrive inn ei høgde her. Ståande viser og skriv ut det gjeldande dokumentet med papiret i høgdeformat. Liggjande viser og skriv ut det gjeldande dokumentet med papiret liggjande. Tekstretning (synleg bare dersom asiatiske språk er aktivert) bestemmer tekstretninga som skal brukast i dokumentet. Tekstretninga «Høgre-til-venstre» (loddrett) vil rotere alle utformingsinnstillingane 90 grader til høgre, unntatt topptekstar og botntekstar. Papirskuff vel papirkjelda for skrivaren. Om ønskjeleg, kan du bruke ulike papirskuffar for ulike sidestilar. For eksempel kan den første sida hente papiret frå ein skuff der papieret er påtrykt firmalogoen. Førehandsvisingsfeltet viser ei førehandsvising av det valde utvalet. Margar bestemmer kor mykje plass det skal vere mellom papirkantane og dokumentteksten. Venstre skriv inn kor mykje plass det skal vere frå den venstre papirkanten til dokumentteksten. Dersom du bruker ei spegelvendt utforming, er dette kor mykje plass det skal vere mellom den indre tekstmargen til den indre sidekanten. Høgre skriv inn kor mykje plass det skal vere frå den høgre papirkanten til dokumentteksten. Dersom du bruker ei spegelvendt utforming, er dette kor mykje plass det skal vere mellom den ytre tekstmargen til den ytre sidekanten. Oppe skriv inn kor mykje plass det skal vere frå den øvre papirkanten til dokumentteksten. Nede skriv inn kor mykje plass det skal vere frå den nedre papirkanten til dokumentteksten. Utformingsinnstillingar Format vel kva format den gjeldande sidestilen skal bruke for sidenummereringa. Tilpass objekt til papirformatet vil endra storleiken på teikneobjekt slik at dei passar til papirformatet som er vald. Andre innstillingar for teikneobjekta blir ikkje endra. Velja hovudutforming Du kan bruke ei hovudutforming på alle lysbileta, eller på utvalde lysbilete i presentasjonen. Det er også råd å bruke meir enn ei hovudutforming i ein presentasjon. Du finn meir informasjon om dette i kapittel 2, Bruke hovudutforming, stilar og malar. 1) Vel fana Hovudutformingar i oppgåvepanelet for å sjå alle dei tilgjengelege hovudutformingane (164). 2) Vil du bruke ei bestemt hovudutforming på alle lysbileta i presenytasjonen, høgreklikk på den valde hovudutforminga og vel Bruk på alle lysbilete i menyen som kjem fram. 212 LibreOffice 4.2 Impress Guide

209 3) Vil du i staden bruke hovudutforminga på eitt eller fleire markerte lysbilete, høgreklikk på den valde hovudutforminga og vel Bruk på valde lysbilete i menyen som kjem fram. Figur 164: Hovudutformingane i oppgåvepanelet Endra lysbiletbakgrunnen Tips Det er lettare å gjere endringar seinare om du bruker hovudutforming også for å bestemma bakgrunnen i lysbileta. Du kan eventuelt laga ei ny hovudutforming med bakgrunn. Merk Å legga til bakgrunn til einskilde lysbilete blir nå gjort på ein annan måte enn slik du fyller bakgrunnen med ei form. Sjå kapittel 6, Formatere biletobjekt for meir om dette. Slik kan du endra bakgrunnen for eitt lysbilete eller alle lysbileta i presentasjonen: 1) Bytt til normalvisinga ved å klikka på fana Normal i arbeidsområdet, eller vel Vis Normal frå hovudmenyen. 2) Merk eit lysbilete i presentasjonen. 3) Vel Format Side på hovudmenyen eller høgreklikk på lysbiletet og vel Lysbilete Sideoppsett for å opna dialogvindauget for sideoppsett (162). 4) Klikk på fana Bakgrunn og følj eventuelt instruksjonane i kapittel 6, Formatere biletobjekt om korleis du kan endre bakgrunnen. 5) Klikk OK for å lagra endringane. Kapittel 8 Legge til og formatere lysbilete, notat og støtteark 213

210 6) Det vil då kome opp eit vindauge med spørsmål om du vil endra bakgrunnen for alle lysbileta. Svar Nei for å legge denne bakgrunnen bare til det valde lysbiletet eller dei valde lysbileta. Svar Ja for å bruke denne bakgrunnen på alle lysbileta. Velje ei lysbiletutforming Når du har oppretta eit nytt lysbilete, kan du velja kva utforming som passar best for å vise innhaldet i biletet og som passar saman med resten av presentasjonen. I Impress kan du finne mange ferdigdefinerte forslag (165). Finn du ingen utformingar som passar, kan du omorganisere elementa i eitt av lysbileta og deretter duplisere eller kopiere denne utforminga for å laga andre lysbilete, også i andre presentasjonar, med same utforminga. Du kan også lagra utforminga som ein mal. Alle teknikkane som gjeld tekstboksar i kapittel 3, Legge til og formatere tekst kan brukast både på titlar og autoutforminga av tekstelement i eit lysbilete. Plasshaldarane for bilete kan flyttast og endrast slik som omtalt i kapittel 4, Legge til og formatere bilete. I kapittel 7, Inkluderra rekneark, diagram og andre objekt kan dei same teknikkane for dette også overførast til lysbilete. Slik vel du ei lysbiletutforming: 1) Trykk på knappen Eigenskapar i oppgåvepanelet for å opna fana Utforming som viser tilgjengelege utformingar. 2) Hald markøren over ein av miniatyrane for å sjå ei forklaring på kva utforminga er tenkt brukt til. 3) Dersom forslaget passar, klikk på det for å bruke det på lysbiletet. Figur 165: Tilgjengelege sideutformingar 214 LibreOffice 4.2 Impress Guide

211 Merk Viss utforminga er endra i lysbilete som inneheld tekst og objekt frå før, vil Impress ikkje sletta desse men tilpassa dei den valde utforminga. Dette kan føre til at noen element overlappar kvarandre eller på andre måtar ikkje er plasserte slik du ønskjer. Merknadar Legge til merknadar Når fleire personar samarbeider om den same presentasjonen, kan det vere til hjelp for andre at det blir lagt inn forklarande merknadar. Figure166: Legga til merknadar 1) Gå til normalvising og merk lysbiletet som skal ha merknaden. 2) Vel Set inn Merknad på hovudmenyen eller bruk tastesnarvegen Ctrl+Alt+C for å få fram merknadsboksen (Figure166) oppe til venstre i lysbiletet. Storleiken på tekstboksen kan ikkje endrast. Når det er nødvendig, kjem det fram rullefelt i boksen. 3) Når du er ferdig med å skrive merknaden, klikk kvar som helst utanfor tekstboksen for å lukke han. 4) Kvar merknad er fargekoda og merkt med initialane til den som har skrive merknaden og eit serienummer. Merknadsindikatoren vil normalt bli vist oppe til venstre i lysbiletet. Kllikk på indikatoren for å sjå heile merknaden. 5) Du kan flytte merknadsindikatoren ved å klikke på han og dra han til der du ønskjer på lysbiletet. Redigera, svara på og sletta merknader Redigera Du kan bare redigera eigne merknader. Redigeringsfunksjonen er også noe avgrensa. 1) Opna merknaden ved å klikke på merknadsindikatoren. Kapittel 8 Legge til og formatere lysbilete, notat og støtteark 215

212 2) For å endra eller legge til tekst, klikk i tekstområdet. Markøren vil då endra seg til å bli eit tekstverktøy. 3) Du kan formatere teksten ved å høgreklikke på den opne merknaden og velje funksjon frå menyen som kjem opp. Du kan også kopiere tekst frå andre stader og lime inn i merknadsboksen. 4) Når du er ferdig med å skrive merknaden, klikk kvar som helst utanfor tekstboksen for å lukke han. Svare på Du kan svare bare på merknadar gjort av andre. 1) Opna merknaden ved å klikke på merknadsindikatoren. 2) Klikk på den vesle trekanten nede til høgre i merknaden eller høgreklikk på merknaden og vel Svar på menyen som kjem opp. Dette valet er bare tilgjengeleg dersom fleire personar har laga merknadar. 1) Når du er ferdig med å skrive merknaden, klikk kvar som helst utanfor tekstboksen for å lukke han. Slette Du kan slette den opna merknaden, slette alle merknadar frå ein bestemt person eller slette alle merknadane i presentasjonen. 1) Høgreklikk på merknadsindikatoren og vel ønskt handling frå menyen som kjem opp. 1) Du kan oppnå det same ved å opna ein merknad og klikka på den vesle trekanten nede til høgre i merknaden eller høgreklikke på merknade og velje ønskt handling frå menyen som kjem opp. Presentasjonsnotat Notat er ein grei måte å skriva inn påminningar og ekstra informasjon om lysbileta i ein presentasjon. Notata blir ikkje viste i framsyninga, men bruker du to skjermar, kan du vise notata på den andre skjermen som stikkord. Du kan også skrive ut notata og bruke dei som støtteark. Merk Dersom du ofte viser presentasjonar med to skjermar, bør du kanskje vurdere å bruke presentasjonskonsollen. Dette er ei utviding som følgjer med LibreOffice og som blir brukt for å vise notata, neste lysbilete og andre nyttige informasjonar medan bare lysbiletet blir vist på storskjermen. Presentasjonskonsollen er bare tilgjengeleg når du bruker to skjermar eller ein skjerm og ein projektor. Du finn nærare omtale av konsollen på slutten av kapittel 9, Lysbiletframvisingar. Legga til notat 1) Merk lysbiletet som skal ha notatet. 2) Klikk på fana Notat øvst i arbeidsområdet eller vel Vis Notatside på hovudmenyen for å opna notatvisinga (167). 3) Klikk i tekstboksen som viser Klikk for å leggja til notat og skriv eller lim inn teksten. Dersom denne boksen ikkje er synleg, klikk på Utforming i oppgåveområdet. 4) Repeter punkta 1 til 3 for å legge til notat i andre bilete. 5) Gå tilbake til normalvisinga når du er ferdig med å skrive notata. 216 LibreOffice 4.2 Impress Guide

213 Figur 167: Notatvisinga Formatere notat Du bør bruke hovudutforming og presentasjonsstil for notat i staden for å formatting kvart notat kvar for seg for kvart lysbilete. Alle rettleiingar gjevne i dette kapitlet kan brukast også i Notes Master og i presentasjonsstilane for notat. Formatere notatsider 1) Klikk på fana Notat øvst i arbeidsområdet eller vel Vis Notatside i hovudmenyen for å opna Notatvisinga(167). 2) Vel Vis Bakgrunn Hovudutforming for notat på hovudmenyen for å opna visinga av hovudutforminga for notat (Figure 168). 3) Vel Format Side frå hovudmenyen eller høgreklikk og vel Lysbilete Sideoppsett på menyen som kjem opp for å opna dialogvindauget for oppsett (Figure 169). Kapittel 8 Legge til og formatere lysbilete, notat og støtteark 217

214 Figure 168: Notat - hovudutforminga Figure 169: Dialogvindauget for notat og støtteark 218 LibreOffice 4.2 Impress Guide

215 4) Merk av dei ønskte vala for sida. Du kan finne meir om dei tilgjengelege vala i avsnittet «Formatere lysbilete og sideområde» på side ) Klikk OK for å lagra innstillingane og lukke vindauget. Innstillingar for automatisk oppsett Impress kan setje inn informasjon automatisk i ei notatside i områda for topptekst dato og klokkeslett botntekst side- eller lysbiletnummer Slik set du opp desse felta for automatisk utforming: 1) Klikk på fana Notat øvst i arbeidsområdet eller vel Vis Notatside på hovudmenyen for å opna Notes view (167). 2) Vel Vis Bakgrunn Hovudutforming for notat på hovudmenyen for å opna hovudutforminga for notat (Figure 168). 3) Vel Set inn Sidetal eller Set inn Dato og klokkeslett på hovudmenyen for å opna dialogvindauget for topp- og botntekst (Figure 170). Figure 170: Dialogvindauget for notat og støtteark. Topp- og botntekst 4) Klikk på fana Notat og støtteark. 5) Du kan nå om ønskjeleg merke av for Topptekst og deretter skrive inn ein overskrifttekst. 6) Om ønskjeleg kan du merke av for Dato og klokkeslett og velja om datoen skal vere fast eller variabel. Vel du fast dato og klokkeslett, skriv du inn dette i tekstboksen. Vel du Kapittel 8 Legge til og formatere lysbilete, notat og støtteark 219

216 variabel dato og klokkeslett, vel format og språk som skal brukast for å vise dato og klokkeslett. 7) Du kan også eventuelt merke av for Botntekst og deretter skrive inn ein tekst som skal visast nedst på sidene. 8) Endeleg kan du merke av for Sidenummer slik at sidenummeret blir sett inn på kvar side. Sjå «Formatere notatsider» på side 217 eller «Formatere lysbilete og sideområde» på side 210 om korleis du formaterer sidenummereringa. 9) Klikk Bruk på alle for å lagra endringane og lukke vindauget. Tekstformatering Tekst som blir skrive inn i tekstboksen for notat blir automatisk formatert med den førehandsdefinerte notatstilen som du kan finne i presentasjonsstilane. Den beste måten å formatere notatteksten er å endra denne stilen. Sjå kapittel 2 Bruke hovudutforming, stilar og malar. Dersom du treng manuell formatering, for eksempel for å utheve ein bestemt del i notatet, sjå kapittel 3 Legge til og formatere tekst. Merk Du kan flytte og endra storleiken på tekstboksen og biletet på notatsida. Du kan også legge til fleire tekstboksar. Sjå andre stader i denne handboka om dette. Utskriving av notat 1) Klikk på fana Notat øvst i arbeidsområdet eller vel Vis Notatside på hovudmenyen for å opna Notes view (167). 2) Vel Fil Skriv ut på hovudmenyen eller bruk tastesnarvegen Ctrl + P for å opna dialogvindauget for utskriving (Figure 171). 3) Klikk på fana Generelt, vel Merknader frå nedtrekkslista Skriv ut Dokument. 4) Gjer eventuelt endringane for utskriftsvala, for eksempel utskriftsområde og kor mange kopi det skal vere. 5) Klikk OK for å skrive ut og lukke vindauget. Du kan finne meir informasjon om korleis du kan skrive ut lysbilete i kapittel 10 Skrive ut, sende som e-post, eksportere og lagra lysbiletframvisingar i denne handboka. 220 LibreOffice 4.2 Impress Guide

217 Figure 171: Dialogvindauget for utskriving Generelt Eksportere notat som PDF 1) Klikk på fana Notat øvst i arbeidsområdet eller vel Vis Notatside på hovudmenyen for å opna Notes view (167). 2) Vel Fil Eksporter som PDF på hovudmenyen for å opna dialogvindauget for utskriving (Feil: Fann ikkje kjelda til referansen). 3) Klikk på fana Generelt. 4) Merk av for Eksporter notatsider i området Generelt. 5) Gjer eventuelt andre, nødvendige innstillingar og trykk på OK for å lukke dialogvindauget for PDF-innstillingar. 6) Skriv inn eit filnamn og mappe i vindauget som kjem opp. 7) Trykk på Eksporter for å eksportere og lagre fila og lukke eksportvindauget. Merk Dersom presentasjonen har 10 lysbilete, vil PDF-fila innehalde 20 sider der dei 10 første sidene er kopiar av lysbileta og dei 10 neste er notata formaterte for utskriving. Ønskjer du bare å ha notatsidene, må du bruke eit anna program for å fjerna sidene med lysbileta. Kapittel 8 Legge til og formatere lysbilete, notat og støtteark 221

218 Figure 172: Vindauget for PDF-innstillingar Generelt Støtteark for presentasjonen Eit støtteark er ei spesiell vising av presentasjonen tilpassa for utskriving på ark for å delast ut til publikum slik at dei kan følgje det som blir presentert og samstundes bruke arka som referanse seinare. Kvart støtteark kan innehalde frå ein til ni miniatyrar av lysbileta brukte i presentasjonen. Denne bolken viser korleis du kan tilpassa støttearka til eigne behov. Merk at støttearkvisinga inneheld bare éi side same kor mange lysbilete presentasjonen inneheld eller kor mange lysbilete som blir skrivne ut. Endra utforming Når du skal laga støtteark, må du først bestemma kor mange miniatyrar av lysbileta du vil skrive ut på kvar støttearkside. 1) Klikk på fana Støtteark øvst i arbeidsområdet eller vel Vis Støttearkside på hovudmenyen for å opna sida for støtteark (173). 2) Klikk på ikonet Eigenskapar i sidepanelet for å opna fana Utforming som viser dei tilgjengelege utformingane for støtteark (Figure 174). 3) Select the preferred number of thumbnails and the Workspace changes to reflect the selection. 222 LibreOffice 4.2 Impress Guide

219 Formatere støtteark Du kan formatere fleire eigenskapar for støttearka, frå sidestilen til kva element som skal visast på sida. Du kan ikkje formatere einskildsider. Alle endringar blir gjeldande for alle sidene. Figur 173: Støttearkoppsett med ni miniatyrbilete Formatering av støtteark 1) Klikk på fana Støtteark øvst i arbeidsområdet eller vel Vis Støttearkside på hovudmenyen for å opna sida for støtteark (173). 2) Vel Format Side på hovudmenyen eller høgreklikk på støttearket og vel Lysbilete Sideoppsett på menyen som kjem opp for å opna dialogvindauget for sideoppsett (Figure 169). 3) Vel papirstorleik, retning (ståande eller liggjande), margar og andre innstillingar som måtte vere ønskjelege. 4) Klikk OK for å lukke vindauget og lagra innstillingane. Kapittel 8 Legge til og formatere lysbilete, notat og støtteark 223

220 Figure 174: Utformingar for støtteark Setja innstillingar for automatisk utforming Impress kan legge inn informasjon i fire område på støttearket automatisk. Dette er nærare forklar i «Innstillingar for automatisk oppsett» på side 219. Områda som kan automatiserast er området for topptekst dato og klokkeslett botntekst lysbilet- eller sidenummer Merk Informasjonen som blir lagt inn blir ikkje vist i støttearkvisinga, men blir skrive ut korrekt i papirutskrifta. Flytte miniatyrar og legge til grafikk Du kan flytte, men ikkje endre storleiken på, miniatyrane og legge til linjer, boksar og andre grafiske element i støttearka. Sjå kapittel 5 Arbeide med grafiske objekt for meir om dette. Tips Dersom du ønskjer å lagra støttearket som ein mal for seinare bruk, sjå kapittel 2 Bruke hovudutforming, stilar og malar. Her finn du informasjon om korleis du kan lagra malar og laga ein ny presentasjon frå ein mal. Merk Dersom du har endra på utforminga av støttearket og så klikkar på ei anna utforming i oppgåvepanelet og deretter går tilbake til den opphavlege utforminga, vil linjer og anna grafikk bli viste der du plasserte dei. Miniatyrane vil derimot bli viste i den opphavlege plasseringa og du må flytte dei på nytt der du ønskjer å ha dei. Skrive ut støtteark 1) Klikk på fana Støtteark øvst i arbeidsområdet eller vel Vis Støttearkside på hovudmenyen for å opna sida for støtteark (173). 224 LibreOffice 4.2 Impress Guide

221 2) Vel Fil Skriv ut på hovudmenyen eller bruk tastesnarvegen Ctrl + P for å opna dialogvindauget for utskriving (Figure 171). 3) Klikk på fana Generelt og vel Støtteark i nedtrekkslista Skriv ut Dokument.. 4) Gjer dei ønskte endringane i innstillingane for utskrifta, for eksempel område og talet på kopi. 5) Klikk OK for å skrive ut og lukke vindauget. Du finn meir informasjon om å skrive ut lysbilete, notat og støtteark i kapittel 10 Skrive ut, sende som e-post, eksportere og lagra lysbiletframsyningar. Eksportere støtteark som PDF Det er (førebels) ikkje råd å eksportere støtteark som PDF-filer. Dersom du prøver, vil PDF-fila bare innehalde lysbileta med eitt lysbilete på kvar side. Har du installert drivar for PostScript, kan du skrive til ei PostScript-fil og deretter lage PDF-fil frå denne ved hjelp av for eksempel Ghostscript eller Adobe Acrobat. Kanskje det også finst andre løysingar. Kapittel 8 Legge til og formatere lysbilete, notat og støtteark 225

222 Kapittel 9 Lysbiletframvisingar Overgangar, animasjonar og litt til

223 Laga ei lysbiletframvising LibreOffice Impress inneheld dei verktøya du treng for å laga og visa ei lysbiletframvising. Ved hjelp av verktøya kan du velja kva lysbilete som skal visast og i kva rekkefølgje velja om framvisinga skal køyrast automatisk eller manuelt velje overgangar mellom lysbileta setje inn animasjon på kvart lysbilete velja samhandling, dvs. kva som skal skje når du trykker på ein knapp eller ei lenke bruke presentasjonskonsollen for å vise lysbileta Når du skal setje saman ei lysbiletframvising kan det aller meste gjerast frå lysbiletsorteringa. Vel Vis Lysbiletsortering på hovudmenyen eller klikk på fana Lysbiletsortering i arbeidsområdet for å opna visinga av sida for lysbiletsortering. Alle lysbileta i presentasjonen blir nå viste i arbeidsområdet. Grunnleggande innstillingar Dei grunnleggande innstillingane for ei lysbileframvising er kva lysbilete som skal vere det første, måten du vekslar mellom lysbileta, type presentasjon og peikarinnstillingar. Figure 175: Dialogvindauget for lysbiletvising 1) Vel Vis Lysbiletsortering på hovudmenyen eller klikk på fana Lysbiletsortering i arbeidsområdet for å opna visinga av sida for lysbiletsortering. 228 LibreOffice 4.2 Impress Guide

224 2) Vel Lysbiletframvising Innstillingar for lysbiletframvising på hovudmenyen for å opna dialogvindauget for lysbiletframvisinga (Figure 175). 3) Vel innstillingane du vil bruke for framvisinga. Du kan finne fleire opplysningar om desse innstillingane i «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» på side Feil: Fann ikkje kjelda til referansen. 4) Klikk OK for å lagra endringane og lukke vindauget. Innstillingar for lysbiletvisinga I området Område vel du kva lysbilete som skal vere med i presentasjonen: Alle lysbilete betyr at alle lysbileta untatt dei som er merkte med gøymde (sjå «Gøyme lysbile» på side 230). Lysbileta blir viste i den rekkefølgja dei er lagra i fila. Ønskjer du å endra rekkefølgja, kan du anten omorganisere lysbileta i lysbiletsorteringa eller du kan velje eigendefinert framvising (sjå nedanfor). Frå byrjar visinga med eit anna lysbilete enn det første. Dette kan vere aktuelt for eksempel når lysbiletvisinga di byrjar med å presentere deg sjølv eller firmaet. Du kan då hoppe over denne når du viser serien for kollegaane dine. Eigendefinerte lysbiletframvisingar viser lysbileta i ei ei anna rekkefølgje enn slik dei er sett opp opphavleg. Dette valet er ikkje tilgjengeleg før du har sett opp ei eigendefinert framvising (sjå «Vise lysbileta i ei anna rekkefølgje» på side 231). Du kan laga så mange ulike framvisingar som du ønskjer ut frå eitt sett med lysbilete. Alle desse vil bli viste i nedtrekkslista i dette valet. I Type-området vel du korleis lysbileta skal visast: Standard viser lysbileta i fullskjermmodus utan at programkontrollane til LibreOffice er synlege. Visinga blir avslutta etter siste lysbilete. Vindauge viser lysbileta i Impress-vindauget og avsluttar etter siste lysbiletet. Automatisk byrjar visinga på nytt etter at siste lysbiletet er vist. Det blir sett inn eit pauslysbilete mellom visingane. Du stoppar visinga ved å trykke Esc-tasten. Du kan bestemma lengda på pausen i innskrivingsboksen. Skriv du inn 0 her, vil den nye framvisinga byrja med ein gong siste lysbilete er vist i den førre framvisinga, utan pauselysbiletet. Merker du av for Vis logo, vil logoen til LibreOffice bli vist i pausen. I Val-området: Byt lysbilete manuelt gjer at lysbileta ikkje blir viste automatisk sjølv om det er sett opp for automatisk vising. Vis musepeikar viser musepeikaren under visinga. Kan vere nyttig dersom du ikkje har laserpeikar eller ann utstyr for å peike på element i visinga. Musepeikar som penn gjer at du kan skrive eller teikna på lysbileta under presentasjonen. Det du skriv blir ikkje lagra når du avsluttar visinga. Du kan ikkje endra skrivefargen. Vis dokumentstruktur viser dokumentstrukturen under visinga. Sjå meir om dokumentstrukturen i kapittel 1 Innleiing til Impress. Animasjonar tilletne viser alle rammene i ein GIF-animasjon under visinga. Dersom det ikkje er merka av for dette valet, vil bare den første ramma i animasjonen bli vist. Dette har ingenting med lysbiletanimasjon omtalt i «Bruke animasjonseffektar» på side 235 å gjera. Byt lysbilete ved å klikka på bakgrunnen vil byte til det neste lysbiletet når du klikkar på bakgrunnen eller trykker mellomromtasten. Legg alltid presentasjonen øvst forhindrar at andre programvindauge legg seg over presentasjonen. Kapittel 9 Lysbiletframvisingar 229

225 I området Fleire skjermar: Du kan velje kva for ein skjerm som skal vis lysbiletframvisinga i fullskjer-modus. Dette valet er tilgjengeleg bare dersom den brukte datamaskinen er sett opp med fleire skjermar. Dersom den gjeldande datamaskinen bare har ein skjerm eller at vising på fleire skjermar er slått av, er det ikkje råd å velje ein annan skjerm. Normalt blir primærskjermen brukt for visinga. Fleire skjermar vel ein skjerm som skal brukast for fullskjermvisinga av lysbiletserien. Dersom oppsettet av datamaskinen kan vise vindauge over fleire skjermar, kan du velje Alle skjermar for å dele bileta over fleire skjermar. Merk Innstillingane for vising på fleire skjermar blir ikkje lagra i presentasjonsfila, men blir i staden lagra som ei lokal innstilling i brukaroppsettet. Dette betyr at dersom du opnar presentasjonen på ein annan datamaskin, blir innstillingane frå denne maskinen brukt. Gøyme lysbile Dersom du ikkje ønskjer å vise alle lysbileta i ei bestemt framvising, kan du anten gøyma dei lysbileta du ikkje vil vise, eller setje opp ei tilpassa vising. Kva metode du vel er opp til deg. Du kan for eksempel ha uferdige lysbilete som du ikkje vil vise før dei er ferdige, eller det kan vere lysbilete som inneheld privat informasjon som ikkje er tiltenkt det aktuelle publikummet. Slik gøymer du eit lysbilete: 1) Merk lysbileta du vil gøyme, anten i lysbiletpanelet eller i lysbiletsorteringa. 2) Klikk symbolet Gøym lysbilete på verkttøylinja for lysbilete (Figure 176) eller høgreklikk på lysbiletet og vel Gøym lysbilete i menyen som kjem opp eller vel Lysbiletframvising Gøym lysbilete på hovudmenyen. Lysbiletet blir nå gråa ut for å vise at det er gøymt (Figure 170). Lysbiletet blir ikkje sletta, men finst framleis i fila. Symbolet for Gøym lysbilete er aktivert bare når eit lysbilete er merkt i presentasjonen. Figure 176: Verktøylinja for lysbiletvisinga Figure 177: Lysbiletet til høgre er gøymt Slik viser du eit gøymd lysbilete: 1) Merk det gøymte lysbiletet anten i lysbiletpanelet eller i lysbiletsorteringa. 230 LibreOffice 4.2 Impress Guide

226 1) Klikk på symbolet Vis lysbilete på verktøylinja for lysbiletvisinga (Figure 169) eller høgreklikk og vel Vis lysbilete på menyen si\m kjem opp eller vel Lysbiletframvising Vis lysbilete på hovudmenyen. Symbolet for Vis lysbilete er aktivert bare når eit gøymt lysbilete er merkt i presentasjonen. Vise lysbileta i ei anna rekkefølgje For å visa lysbileta i ei anna rekkefølgje kan du anten gi dei ei ny rekkefølgje i lysbiletsorteringa eller setje opp ei tilpassa lysbiletframvising. Du kan laga så mange tilpassa framvisingar som du måtte ønskje ut frå eitt sett med lysbilete. I ei tilpassa lysbiletvising kan du velje kva lysbilete som skal visast og kva rekkefølgje dei skal visast i. Gøymde lysbilete blir ikkje viste. Tilpassa lysbiletvising Slik set du opp ei tilpassa lysbiletvising: 1) Vel Lysbiletframvising Tilpassa lysbiletframvising på hovudmenyen for å opna dialogvindauget for å laga eigendefinerte lysbiletframvisingar (Figure 178). Figure 178: Dialogvindauget for eigendefinerte lysbiletframvisingar 2) Klikk på Ny for å opna vindauget lag eigendefinert lysbiletframvising (Figure 179). 3) Skriv inn namnet på den nye framvisinga i boksen Namn. 4) Merk lysbileta som skal vere med i framvisinga i boksen Eksisterande lysbilete. Klikk på knappen «>>» for å legge lysbileta inn i boksen Valde lysbilete. I Figure 179 er fire lysbilde valde. 5) Du kan merka fleire lysbilete for overføring samstundes. Held du nede Shift-tasten og klikkar på det første og det siste lysbiletet i lista, vil desse og dei mellomliggjande lysbileta bli merkte. Held du nede Ctrl-tasten, kan du klikke på individuelle lysbilete for å merka dei. 6) Når du er ferdig med å legge inn lysbileta, klikk på OK for å lagra lysbiletframvisinga og gå tilbake til dialogvindauget Eigendefinerte lysbilete. Kapittel 9 Lysbiletframvisingar 231

227 7) For å aktivera ei tilpassa lysbiletframvising, må du merke framvisinga i lista i dialogvindauget for eigendefinerte lysbiletframvisingar og krysse av for Bruk eigendefinert lysbiletframvising i det same vindauget. Figure 179: Dialogvindauget for å laga eigendefinert lysbiletframvising Merk Når du legg inn lysbileta eitt for eitt, blir dei lagt til i Valde lysbilete i den rekkefølgja du klikkar dei inn. Legg du inn fleire lysbilete samstundes, blir dei lagt inn i den rekkefølgja dei har i den opphavlege presentasjonen uavhengig av kva rekkefølgje du legg dei inn. I begge tilfella blir lysbileta lagt inn like etter det lysbiletet som er merkt i Valde lysbilet. Du kan flytte eit lysbilete opp og ned i lista ved å merke det og dra det på plass med musepeikaren. Det er også mogleg å endra rekkefølgja ved å bruke fana Lysbiletsortering. Tips Lysbileta blir lagt inn like etter det lysbiletet som er merkt i Valde lysbilet. Normalt blir det siste biletet som er lagt inn merkt. I Figure 179 kunne du for eksempel lagt inn Lysbilete 6 mellom lysbilete 1 og 3 ved å merke Lysbilete 1 før du legg til Lysbilete 6. Redigere, slette og kopiere ei tilpassa lysbiletframsyning 1) For å redigera ei tilpassa lysbiletframvising (legge til, fjerna eller endra rekkefølgja på lysbilete), merk framvisinga i dialogvindauget for eigendefinerte lysbiletframvisingar (Figure 178) og klikke på Rediger. 2) For å sletta ei tilpassa lysbiletframvising, merk framvisinga i dialogvindauget for eigendefinerte lysbiletframvisingar og klikk Slett. Slettinga skjer straks, utan spørsmål om du verkeleg vill dette. 3) For å laga ein kopi av ei tilpassa lysbiletframvising, merk framvisinga i dialogvindauget for eigendefinerte lysbiletframvisingar og klikk Kopier. Du kan nå gi kopien eit nytt namn og deretter handtera han som alle andre eigendefinerte framvisingar. 4) Du kan førehandsvise lysbiletframvising dersom det er kryssa av for Bruk eigendefinert lysbiletframvising i dialogvindauget for eigendefinerte lysbiletframvisingar. Merk lysbiletframvisinga i lista og trykk Start. 5) Når du er ferdig med lysbiletframvisinga, klikk OK for å lagra alle endringane og lukke vinduget. 232 LibreOffice 4.2 Impress Guide

228 Bruke lysbiletovergangar Lysbiletovergangar er dei effektane som blir brukte mellom lysbiletvisingane når eit nytt bilete blir vist. Brukt på rette måten, kan desse overgangane gi visinga ein meir profesjonell utsjånad ved å gjere biletskiftet mjukare. Legge til overgangar 1) Trykk på knappen Lysbiletovergang i sidepanelet for å opna vindauget med overgangar (180). 2) Merk lysbileta som skal ha overgangen i lysbiletpanelet eller lysbiletsorteringa. Ikkje merk lysbilete dersom overgangen skal brukast på alle lysbileta. 3) Vel ein overgang i lista Bruk på merkte lysbilete. Figur 180: Lysbiletovergangar Kapittel 9 Lysbiletframvisingar 233

229 4) Du kan eventuelt endra farten på overgangen (vala er sakte, middels ogfort). Du kan også velje å legge til lyd ved å velja Annan lyd i nedtrekkslista. Du vil i tilfelle få opp filutforskaren slik at du kan velje lyd frå heile datamaskinen. 5) Dersom du har vald ein lyd, vil innstillinga Stopp førre lyd bli aktivert. Dette betyr at lyden bli spela av heilt til det blir lagt inn ein ny lyd. Er det ingen nye lydar seinare i framsyninga, blir lyden spela av i resten av framsyninga. 6) Vel korleis bytte til neste bilete skal skje, anten manuelt med museklikk eller automatisk. Vel du automatisk biletskift, kan du også velja kor lenge kvart bilete skal visast. 7) Trykk på Bruk på alle lysbilete dersom du ønskjer å bruke den valde overgangen på alle bileta i framsyninga. 8) For å sjå lysbiletframvisinga, trykk Lysbiletvising. 9) Dersom det er merka av for Automatisk førehandsvising, vil effekten bli vist straks i arbeidsområdet. Du kan gjenta førehandsvisinga ved å trykke på Spel av. Tips Du kan bruke den same overgangen på alle lysbileta eller ein ny overgang for kvart bilete. Det å bruke mange overgangar kan ver moro, men er lite profesjonelt. Tip Dersom du ønskjer å bruke den same overgangen på dei fleste lysbileta, kan du legge den same overgangen til alle bileta og deretter redigera dei få som skal ha ein annan overgang. Fjerna overgangar 1) Merk lysbiletet der overgangen skal slettast. 1) Vel Ingen overgang i lista over overgangar i oppgåvepanelet. Setja visingstida for automatiske lysbiletvekslingar Du kan setja opp ei lysbiletframvising til å køyra automatisk utan tilsyn eller medan du snakkar. Standard tidsbruk Slik set du standard visingstid for lysbilete før neste bilete blir sett inn: 1) 2) 3) 4) Vel Lysbiletovergang i oppgåvepanelet for å opna vindauget for overgangar (180). Set overgangseffekten til Ingen overgang. Vel Automatisk etter i Gå til neste lysbilete. Set ei tid og klikk Bruk på alle lysbilete. Variabel visingstid Slik kan du endra visingstida for nokre av lysbileta i lysbiletframvisinga: 1) Vel Lysbiletframvising Øv på tidsbruk på hovudmenyen eller klikk på symbolet Øv på tidsbruk på verktøylinja for lysbiletframvising. Dette vil byrja visinga i fullskjermmodus med ei klokke i det nedre, venstre hjørnet. 2) Når du ønskjer å byte til neste lysbilete, klikk på klokka. Vil du bruke normalinnstillinga på dette lysbiletet, klikk på lysbiletet. 3) Hald fram til du har sett visingslengda for alle lysbileta i presentasjonen. Impress vil lagra innstillingane for kvart lysbilete. Neste gong du ser på Automatisk etter vil du sjå at tidene er endra slik du valde under Øv på tidsbruk. 234 LibreOffice 4.2 Impress Guide

230 4) Du kan gå ut av Øv på tidsbruk ved å trykke Esc-tasten eller høgreklikke på lysbiletet og velje Avslutt framvisinga i menyen som kjem opp. Automatisk gjentaking Dersom du vil at presentasjonen skal køyrast om igjen automatisk, gjer du slik: 1) Opna dialogvindauget for lysbiletvising (Figure 175) frå Lysbiletframvising Innstillingar for lysbiletframvising på hovudmenyen. 2) Klikk på Automatisk og set kor lang tid det skal gå mellom kvar vising. 3) Merk av for Vis logo dersom du ønskjer at logoen til LibreOffice skal visast mellom lysbiletframvisingane. 4) Klikk OK for å lagra innstillingane og lukka vinduget. Spele av lyd Du kan bruke panelet for lysbiletovergangar for å velje ein lyd eller musikkstykke som skal spelast av under framvisinga. 1) Merk lysbiletet der lyden skal byrja. 2) Trykk på knappen Lysbiletovergang i sidepanelet for å opna vindauget for pvergangar (180). 3) Vel Annan lyd frå nedtrekkslista i området Endra overgang. 4) Finn fram til den ønskte lydfila i filutforskaren som kjem opp. 5) Merk lydfila og trykk på Spel i filutforskaren for å høyre om dette er den rette fila. 6) Dersom lydfila skal brukast, trykk på Opna. 7) Merk av for Gjenta til neste lyd dersom du vil at lydfila skal repeterast heilt til neste lyd blir lagt inn. Merk Ikkje trykk på Bruk på alle lysbileta. Gjer du det, vil lyden bli starta på nytt for kvart bilete. Merk Lydfila er lenka til presentasjonen, og altså ikkje innebygd. Skal presentasjonen visast med ein annan datamaskin, hugs å også kopiere over lydfila. Du må eventuelt også setje opp lenka til lydfila på nytt. Bruke animasjonseffektar Animasjonar er noe av det same som overgangar, men dei blir brukte på einskildelement i eitt lysbilete. Det kan vere tittel, diagram figurar eller individuelle punktlister. Animasjonar kan gjere lysbiletframvisinga meir levande og lettare å hugsa, men på same måten som for overgangar, vil mykje bruk av animasjonar nok vere morosamt, men trøyttande i lengda. Det verkar lite profesjonelt i tillegg. Animasjonseffektane blir lagt til frå normalvisinga slik at du kan velja ut einskildobjekt på eit enkelt bilete. Merk Det er ikkje råd å legga til animasjonar til hovudutformingane. Dersom du ønskjer å bruke den same animasjonen på fleire lysbilete, må du legge animasjonen til i kvart lysbilete, eller kopiere tekstboksen med animasjonen frå eitt lysbilete til eit anna. Kapittel 9 Lysbiletframvisingar 235

231 Legge til animasjonseffektar Merk det aktuelle lysbiletet i normalvisinga og vel teksten eller objektet som skal animerast. Eit objekt, for eksempel eit grafikkobjekt eller ein tekstboks, har utvalshandtak rundt seg når det er markert som aktivt. Dersom du vel deler av ein tekstboks, vil desse handtaka ikkje bli synlege. 1) Vel Vis Normal på hovudmenyen eller klikk på fana Normal i arbeidsområdet. Figur 181: Tilpassa animasjon 2) Merk lysbiletet og objektet du skal bruke animasjonseffekten på. 3) Trykk på knappen Tilpassa animasjon i sidepanelet for å opna vindauget for animasjonar (181). 4) Trykk på Legg til effekt for å opna dialogvindauget for å tilpassa animasjonen (Figure 182). 5) Vel kva animasjonseffekt du vil bruk frå nedtrekkslista i vindauget som kjem opp. Du kan legge til fleire effektar til eitt og same objektet. a) Bruk effektar frå fana Inngang for å legge til ein animasjonseffekt når objektet er plassert på skjermen. b) Bruk effektar frå fana Framheving for å legge til ein animasjonseffekt til eit objekt, for eksempel å forandra skriftfargen eller å legge til spesialeffektar som blinkande tekst. c) Bruk effektar frå fana Avslutt for å legge til ein animasjonseffekt som blir brukt når objektet forsvinn frå skjermen. 236 LibreOffice 4.2 Impress Guide

232 d) Dersom du vil at objektet skal flytte seg langs ei linje eller ei kurve, vel ein animasjon frå panelet Rørsler. Du kan sjå eit eksempel på denne typen animasjon i «Setja opp ein rørslebane» på side ) Vel kor lang tid effekten skal vara i nedtrekkslista for Fart. 7) Merker du av for Automatisk førehandsvising, kan du sjå effekten brukt på objektet.. Figure 182: Dialogvindauget for tilpassa animasjon 8) Klikk OK for å ta i bruk effekten og lukke vindauget. Namnet på effekten blir vist oppføre «Start», etter ordet «Effekt» i vindauget for tilpassa animasjon. 9) Når du har sett inn ein effekt, kan du bruke nedtrekkslista i Start for å bestemma korleis han skal byrja. a) Ved klikk animasjonen byrjar når du klikkar med datamusa. b) Med den førre animasjonen køyrer samstundes med den førre animasjonen. c) Etter den førre animasjonen byrjar straks den førre animasjonen er ferdig. 10) For ein del effektar kan du også bestemma retninga på effekten. Dette gjer du frå nedtrekkslista Retning. Innhaldet i lista er avhengig av kva animasjon som er vald. 11) Du kan endra kor fort animasjonen skal visast i nedtrekkslista Fart. 12) Har du fleire animasjonar kan du endra rekkefølgja på dei med pilene i området Rekkefølgje (i knapperada under vindauget som viser lysbileta). 13) Du kan trykke på knappen Førehandsvis effekt (heilt til høgre i knapperada) for å sjå verknaden av effekten eller effektane. Kapittel 9 Lysbiletframvisingar 237

233 14) For å sjå heile lysbiletframsyninga, vel Lysbiletframvising Start på første lysbilete på hovudmenyen. Endra animasjonseffektar 1) Merk elementet som du vil endra animasjonen for i vindauget for tilpassa animasjon. 1) Trykk knappen Endra effekt og følj «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» ovanfor. Fjerna animasjonseffektar 1) Merk elementet som du vil endra animasjonen for i vindauget for tilpassa animasjon. 1) Trykk på knappen Fjern effekt. Innstillingar for animasjonseffektar Mange av animasjonane har innstillingar og forbetringar som kan endrast. Kva for innstillingar som er tilgjengelege, er avhengig av kva for animasjonseffekt som er vald. 1) Merk elementet som du vil endra animasjonen for i vindauget for tilpassa animasjon. 2) Klikk på knappen for Effektinnstillingar til høgre for nedtrekkslista Retning for å opna dialogvindauget for effektinnstillingar. 3) Klikk på ei av fanene for å opna vala for dei effektinnstillingane du ønskjer å endre eller bruke. a) Effekt bestemmer innstillingane for den valde animasjonseffekten (Figure 183). b) Tidskontroll styrer visingar og kor lenge animasjonen skal vara (184). c) Tekstanimasjon bestemmer korleis teksten skal animerast (185). 4) Klikk OK for å lagra innstillingane og lukke vindauget. Figure 183: Effektinnstillingar fana effekt 238 LibreOffice 4.2 Impress Guide

234 Effektinnstillingane Bestemmer innstillingane og forbetringane for den gjeldande effekten (Figure 183). Retning bestemmer retning effekten skal arbeide i. Lyd vel ein lyd som skal spelast av under effekten. Du kan velje filer frå heile datamaskinen, eller frå tidlegare valde lydfiler som blir viste i nedtrekkslista. Du kan spele av lyden ved å trykke på pilknappen etter nedtrekkslista. Ingen lyd som namnet seier, ingen lyd blir spela av under animasjonseffekten. Stopp førre lyd lyd frå ein tidlegare effekt blir stoppa når effekten byrjar. Annan lyd opnar filutforskaren slik at du kan velje lydfiler frå heile datamaskinen. Spel av lyd trykk på denne knappen til høgre for nedtrekkslista for lyd for å spele av den valde lydfila. Etter animasjonen her vel du frå nedtrekkslista kva som skal skje når animasjonen er ferdig. Demp med farge animasjonsområdet blir fylt med ein avdempa farge når animasjonen er ferdig. Ikkje demp ingen spesiell effekt blir brukt når animasjonen er ferdig. Gøym etter animasjonen gøymer elementet når animasjonen er ferdig. Gøym ved neste animasjon gøymer elementet når neste animasjon byrjar. Avblend farge vel dempingsfarge. Bare tilgjengeleg når Demp med farge er vald. Tekstanimasjon vel animasjonen som skal brukast på teksten i elementet: Alle på ein gong animer all tekst samstundes. Ord for ord animerer teksten ord for ord. Bokstav for bokstav animerer teksten bokstav for bokstav. Forseinking mellom teikna bestemmer kor mange prosent animasjonen skal forseinkast mellom kvar bokstav eller kvart ord. Kapittel 9 Lysbiletframvisingar 239 Figur 184: Effektinnstillingar fana tidskontroll

235 Vala for tidskontroll Bestemmer tidsbruken for effekten (184). Start bestemmer korleis effekten skal startast. Ved klikk animasjonen stoppar ved denne effekten til neste museklikk. Med den førre animasjonen startar med ein gong. Etter førre animasjonen startar når den førre animasjonen er ferdig. Forseinking ventar i n sekund før effekten byrjar. Fart bestemmer kor lenge effekten skal vare. Gjenta bestemmer om effekten skal køyrast igjen, og i tilfelle kor mange gonger.: ingen effekten blir ikkje køyrd igjen. Fram til neste klikk animasjonen køyrer om igjen til neste museklikk. Fram til lysbilete er slutt animasjonen køyrer så lenge lysbiletet er synleg. Spol tilbake etter avspeling dersom det er merkt av her, vil den animerte figuren gå tilbake til den opphavlege utsjånaden når animasjonen er ferdig. Animer som ein del av ein klikksekvens bestemmer om animasjonen skal startast i ein normal klikksekvens. Start effekten med klikk på gjer at animasjonen startar når det blir klikka på ein bestemt del av lysbiletet. Vel elementet i lista som kjem opp i vindauget. Figur 185: Effektinnstillingar fana tekstanimasjon Vala i fana for tekstanimasjon Styrer innstillingane for tekstanimasjon for den gjeldande effekten (185). Gruppetekst bestemmer kor mykje av avsnitta som er animert: Som eitt objekt alle avsnitta blir animerte som eitt objekt. Alle avsnitt på ein gong alle avsnitta blir animerte samstudes, men kan ha ulike effektar. Ved avsnitt på første nivå avsnitta på første nivå, inkludert underavsnitt, blir animerte etter tur. Automatisk etter dersom «Gruppetekst Ved avsnitt på første nivå» er vald, blir avsnitta animerte etter kvarandre. Skriv inn kor mange sekund før neste avsnitt blir animert. Animer tilknytt form gjer at bare teksten blir animert, ikkje forma. 240 LibreOffice 4.2 Impress Guide

236 I motsett rekkjefølgje animerer avsnitta i motsett rekkjefølgje. Eksempel på animasjonseffektar Bruke fleire animasjonseffektar Dette eksempelet viser korleis du kan setja opp fleire effektar ved å animera listeelement som flyr inn eitt for eitt nedanfrå og når eit nytt element dukkar opp vil dei føregåande elementa skifta farge. 1) Vel Vis Normal på hovudmenyen eller klikk på fana Normal i arbeidsområdet. 1) Merk eit lysbilete med minst tre element som animasjonen skal brukast på. 2) Merk tre objekt i det valde lysbiletet. 3) Klikk på Tilpassa animasjon i sidepanelet for å opna dialogvindauget for tilpassa animasjon (Figure 182). 4) Klikk på fana Inngang for å opna fana. 5) Merk effekten Fly inn og endra farten til Middels. 6) Klikk på OK. Dei tre objekta blir viste i vindauget Tilpassa animasjon (186). 7) Merk det øvste objektet i lista Tilpassa animasjon og vel Ovanfrå i nedtrekkslista for Retning i sidefana. Figur 186: Eksempel på animerte punkt Kapittel 9 Lysbiletframvisingar 241

237 8) Merk det neste objektet i lista Tilpassa animasjon og vel Frå høgre i nedtrekkslista for Retning i sidefana. 9) Merk det siste objektet i lista Tilpassa animasjon og vel Nedanfrå i nedtrekkslista for Retning i sidefana. 10) Medan det siste objektet framleis er merkt, trykk på knappen Legg til effekt i sidefana for å opne dialogvindauget for tilpassa animasjon (Figure 182). 11) Klikk på fana Framheving for å opna dette fanevindauget. 12) Vel Endra skriftfarge og klikk OK for å lagra denne effekten. 13) Vel Etter den førre i nedtrekkslista Start. 14) Vel uthevingsfarge i nedtrekkslista Skriftfarge på sidepanelet. 15) I 186 er dei tre animasjonseffektane viste med noen symbol framføre seg. Desse symbola viser kva animasjonseffekt som er brukt på objekta. 16) Sjå etter at objekta er merkte og klikk på knappen Førehandsvis i sidepanelet. Setja opp ein rørslebane Ein rørslebane er ein sti som eit objekt blir flytt langs. Ein slik rørslebane kan setjast opp som ein kombinasjon av rette linjer og kurver. Det finst fleire ferdig definerte rørslebanar i LibreOffice, men det er lett å laga sine eigne også slik det blir vist nedanfor. Det er også mogleg å kombinera rørslebanar med andre animasjonseffektar som for eksempel rotering eller endring av storleik eller farge for å laga dramatiske effektar. 1) Merk objektet som skal animerast. 2) Klikk på knappen Legg til effekt i sidepanelet for å opna dialogvindauget med tilpassa animasjonar (Figure 182). 3) Klikk på fana Rørsler for å opna lista over rørslebanar. 4) Vel ein rørslebane som liknar på den du ønskjer å bruke eller vel effekten Mangekant eller Kurve for å kunna laga ein ny rørslebane. 5) Merk objektet som rørslestien skal visast i. Banen blir vist som ein tynn grå strek med ein trekant som viser startpunktet. 6) Klikk på rørslebanen for å få fram utvalshandtaka rundt banen. Når desse handtaka er synlege, kan du flytta eller endra banen på same måten som for objekt. Merk Når du flyttar ein bane, hugs også på å flytta objektet på banen, elles vil animeringa byrja med eit hopp. For tida er det ikkje råd å rotera ein bane. 7) Når stien er merkt, vel ikonet Punkt på teikneverktøylinja eller trykk F8 for å få fram verktøylinja for å redigera punkta (187). Dersom denne verktøylinja ikkje er synleg, vel Vis Verktøylinjer Rediger punkt på hovudverktøylinja. Kor mange ikon som er synlege på verktøylinja er avhengig av kva type rørslebane og objekt som er vald. Figur 187: Verktøylinja for redigering av punkt 8) Når eit punkt er merkt, kan du sletta det, flytta det eller leggja til eit nytt punkt og så vidare. Du kan finna meir detaljert om dette i Draw Guide. 9) Når du er ferdig, trykk kvar som helst på skjermen for å avmerka objektet og halda fram med vanleg redigering. 242 LibreOffice 4.2 Impress Guide

238 10) Nå kan du prøva ut effektane ved å trykka knappen Førehandsvis effekt sidepanelet. på Bruke samhandling (interaksjon) Interaksjonar er ting som hender når du klikkar på eit objekt i eit lysbilete. Som oftast er dette knappar, men samhandling kan også brukast på tekstobjekt. Slik kan du leggja ei samhandling til eit objekt (eller endra ei eksisterande samhandlinhg): 1) Merk objektet og høgreklikk på det for og vel Samhandling frå menyen som kjem opp eller vel Lysbiletframvising Samhandling for å få opp dialogvindauget for interaksjon (188). 2) Vel ei samhandling frå nedtrekkslista Handling ved museklikk. Ved noen av vala der kjem det fram fleire innstillingar som du kan velja i. 3) Klikk OK for å lagra endringane og lukka vindauget. Figur 188: Dialogvindauget for interaksion Tips Du kan leggja til ei lyd-samhandling ved hjelp av tabellen for effektinnstillingane. Sjå «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» på side Feil: Fann ikkje kjelda til referansen for meir om dette. Kapittel 9 Lysbiletframvisingar 243

239 Lysbiletvisingar Visa ei lysbiletframsyning Slik viser du lysbileta: 1) Opna presentasjonen med LibreOffice Impress. 2) Trykk F5 eller vel Lysbiletframvising Start på første lysbilete på hovudmenyen eller trykk på knappen Lysbiletframvising på verktøylinja for presentasjonar eller verktøylinja for lysbiletsortering. 3) Dersom biletskiftet er sett til Automatisk etter x sekund, let du framvisinga gå av seg sjølv. 4) Dersom biletskiftet er sett til Ved museklikk, hald nede Pil ned, Pil høgre eller Page Down på tastaturet, klikk på den venstre museknappen eller mellomromstasten. 5) Du kan gå tilbake i visinga eitt lysbilete om gongen ved å trykka Pil opp, Pil venstre eller Page Up. 6) Bruk høgreklikk-navigering for meir avansert navigering i framvisinga (sjå «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» nedanfor). 7) Når det siste biletet er vist, kjem meldinga Klikk for å avslutta presentasjonen fram. Klikk den venstre museknappen eller kva som helst av tastane på tastaturet for å avslutta. 1) Du kan avslutta visinga når som helst og gå tilbake til arbeidsplassen i Impress ved å trykka Escape-tasten. Merk Alle tilpassa animasjonar blir køyrde i den fastsette rekkefølgja når biletserien blir vist slik som forklart ovanfor. Høgreklikksnavigering og vala på denne Dersom presentasjonen inneheld meir enn eitt lysbilete vil eit høgreklikk kvar som helst på skjermen opna ein sprettoppmeny med desse vala: Neste går til det neste lysbiletet i den definerte sekvensen. Førre går til det førre lysbiletet i den definerte sekvensen. Gå til lysbilete viser ein undermeny der du raskt kan velja og gå til kva lysbilete som helst i presentasjonen. Menyen inneheld oppføringane Første lysbilete, Siste bilete og ei liste over alle lysbileta i presentasjonen. Lista viser også kvifor det er tilrådeleg å gi lysbileta fornuftige namn i staden for «lysbilete 1», «lysbilete 2» osv. Musepeikar som penn gjer at du kan bruke markøren som penn og teikna på eit lysbilete for å utheva eller forklara spesielle punkt. Pennbreidd bestemmer strekbreidda når markøren blir brukt som penn. Endra pennfarge gjer at du kan velja strekfarge når markøren blir brukt som penn. Fjern alle merknade på lysbiletet fjernar linjene som er teikna når markøren blir brukt som penn. Skjerm opnar ein undermeny med to val. Kvart av vala blankar ut skjermen til anten svart eller kvitt. Dette kan vere nyttig når du vil lage ein pause i visinga, for eksempel for å visa noe anna på ein annan datamaskin. Avslutt framvisinga sluttar av framvisinga og returnerer til arbeidsområdet på Impress. Dette er det same som å trykke Esc-tasten. 244 LibreOffice 4.2 Impress Guide

240 Bruke presentasjonskonsollen Dei fleste installasjonane av LibreOffice Impress har også ein innebygd presentasjonskonsoll. Dersom denne manglar, kan du lasta ned og installera han som vist i kapittel 11 Sette opp og tilpasse Impress. Presentasjonskonsollen (Figure 189) gir deg ekstra kontroll over lysbiletframvisinga når du bruker to skjermar, for eksempel ein datamaskin for deg sjølv og ein projektor for publikum. Visinga på datskjermen inkluderer det gjeldande lysbiletet som blir vist for publikum, det neste lysbiletet og alle notata. Dessutan også ei klokke som viser presentasjonstida. Merk Presentasjonskonsollen verkar bare på operativsystem som har støtte for å bruke to skjermar samstundes og bare når to skjermar er tilkopla (den eine kan vere skjermen på ein berbar datamaskin). Figure 189: Presentasjonskonsollen Presentasjonskonsollen har fleire visingar som det er lett å veksla mellom: Den første visinga er standardvisinga og viser det gjeldande lysbiletet inkluderte eventuelle effektar og det neste biletet. Klikk på Førre og Neste for å byta bilete. Den andre visinga viser notata for talaren og det gjeldande og det neste lysbiletet. Teksten i notatet kan forstørrast og forminskast etter behov. Klikk på Notat for å opna visinga og klikk på Notat igjen for å gå tilbake til den første visinga. Den tredje visinga viser miniatyrar av alle lysbileta. Du kan her merke ein lysbilete for å gå til dette i staden for det neste biletet. Klikk på Lysbilete for å opna visinga. Klikk på Lysbilete igjen igjen for å gå tilbake til den første visinga. Du kan også klikka på Byt for å bla deg gjennom dei ulike visingane. Kapittel 9 Lysbiletframvisingar 245

241 Klikk på Hjelp for å få fram ei liste over tilgjengelege kontrollelement i konsollen. Klikk på Hjelp igjen for å gå tilbake til den førre visinga. 246 LibreOffice 4.2 Impress Guide

242 Kapittel 10 Skrive ut, sende som e-post, eksportere og lagra lysbiletframvisingar

243 Innleiing Dette kapitlet handlar om korleis du kan skriva ut, eksportere og senda dokument som e-post frå LibreOffice Impress. Rask utskriving Klikk på knappen Skriv ut fil direkte på standardverktøylinja for å senda heile dokumentet til standardskrivaren kopla til datamaskinen. Note Du kan endra innstillingane for Skriv ut direkte slik at utskrifta blir sendt til ein skrivar som er definert for dokumentet i staden for til standardskrivaren. Gå til Verktøy Innstillingar Last inn/lagra Generelt på hovudverktøylinja og vel Last inn skrivaroppsett saman med dokumentet. Du finn meir informasjon om dette i «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» nedanfor. Kontrollert utskrift Impress har mange val for å skriva ut ein presentasjon. Du kan for eksempel velja mellom fleire lysbilete på éi side, eitt lysbilete per side, lysbilete med notat, lysbilete med dato og klokkeslett, med sidenamn osv. Gå til Fil Skriv ut på menylinja eller bruk tastesnarvegen Ctrl+P for å opna dialogvindauget for utskriving (190). Dialogvindauget har fire faner der du kan velja innstillingane forklarte i dei neste bolkane. 248 LibreOffice 4.2 Impress Guide

244 Figur 190: Dialogvindauget for utskriving Generelt Merk Innstillingane som blir gjort i dialogvindauget gjeld bare for utskriving av det gjeldande dokumentet. Du kan endra standardinnstillingane ved å gå inn på menyen Verktøy Innstillingar LibreOffice Skriv ut. Sjå «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» på side Feil: Fann ikkje kjelda til referansen for meir om dette. Generell utskriving På fana Generelt i dialogvindauget for utskrift (190): 1) Vel ein skrivar frå lista over tilgjengelege skrivarar. 2) Vel i området Område og kopiar kva lysbilete som skal skrivast ut, kor mange kopiar, om dei skal skrivast ut samla og endeleg om utskrivinga skal gjerast i motsett rekkefølgje. 1) I området Skriv ut bestemmer du om det skal skrivast ut lysbilete, støtteark, notat eller disposisjon. 2) Klikk på knappen Eigenskapar for å opna dialogvindauget for eigenskapar. Kva for eigenskapar som er tilgjengelege er avhengig av kva skrivar som er vald og kva operativsystem som er i bruk.. Kapittel 10 Skrive ut, sende som e-post, eksportere og lagra lysbiletframvisingar 249

245 Figure 191: Eksempel på dialogvindauge for utskrift Papirval Figur 192: Eksempel på dialogvindauge for utskrift Einingsval 3) Ein eller annan staden på sida med eigenskapar finn du papirval. Her kan du setja papirformat, papirretning, dobbeltsidig utskrift (om tilgjengeleg) og papirskuff (om fleire val). Figure 191 viser ei eksempel på korleis dette kan sjå ut. 4) Kva andre faner som kjem fram, er heilt avhengig av skrivaren og operativsystemet du bruker. 192 Viser eitt eksempel på korleis ei slik side kan sjå ut.. 5) Trykk på OK for å skrive ut presentasjonen og lukke vindauget. Eksempel på val av lysbilete som skal skrivast ut Slik skriv du ut einskilde eller fleire lysbilete: 1) Opna dialogvindauget for utskriving og vel fana Generelt. Her gjer du eitt av følgjande: For å skrive ut eitt enkelt lysbilete eller eit utval av lysbilete, merk av for Lysbilete i området Område og kopiar og skriv inn lysbiletnummera du vil skrive ut i tekstfeltet. Skil nummera med komma, for eksempel 1,3,7, LibreOffice 4.2 Impress Guide

246 For å skrive ut eit samanhengande lysbiletområde, merk av for Lysbilete i området Område og kopiar og skriv inn lysbiletnummera i tekstfeltet som eit område, for eksempel 1-4. For å skrive ut eit utval av lysbilete, merk utvalet i lysbiletpanelet eller i lysbiletsorteringa og merk av for Utval i Område og kopiar. 2) Trykk OK for å skrive ut lysbileta og lukke vindauget. Eksempel på utskriving av støtteark Støttearka til lysbileta kan skrivast ut med eitt til ni lysbilete på kvart ark, ståande eller liggande. Slik skriv du ut støtteark: 1) Opna dialogvindauget for utskriving og vel fana Generelt. 2) I nedtrekkslista Dokument under Skriv ut vel du Støtteark. 3) Vel deretter kor mange lysbilete som skal skrivast på kvart ark og kva rekkefølgje dei skal skrivast ut i. 1) Trykk OK for å skrive ut lysbileta og lukke vindauget. LibreOffice Impress På fana LibreOffice Impress (Figure 193) i dialogvindauget for utskrift kan du velja korleis presentasjonen skal skrivast ut ved å bruke vala Innhald, Farge og Storleik. Figure 193: Dialogvindauget for utskriving fana LibreOffice Impress Kapittel 10 Skrive ut, sende som e-post, eksportere og lagra lysbiletframvisingar 251

247 Figur 194: Dialogvindauget for utskriving fana for sideoppsett Sideoppsett Fana Sideoppsett (194) i dialogvindauget for utskrift blir brukt mellom anna til å velja kor mange sider som skal skrivast ut på kvart ark og i kva rekkefølgje. Slik kan du skrive ut fleire sider av eit dokument på eitt ark: 1) Opna dialogvindauget for utskriving og vel fana Sideoppsett. 2) Vel i nedtrekkslista Sider per ark kor mange sider det skal vere på kvart ark. Til venstre i vindauget kan du sjå ei førehandsvising av vala dine. 3) Når utskrifta skal ha meir enn to sider, kan du også velja rekkefølgja på sidene. 4) Merk eventuelt av for å teikna ein kant rundt kvar side. 5) Dersom du vel å skrive ut ein brosjyre, kan du i området Sider velja kva sider som skal skrivast ut. 1) Trykk OK for å skrive ut presentasjonen og lukke vindauget. Val I fana Val i dialogvindauget for utskrift (195) kan du velja andre innstillingar for utskrivinga. Innstillingane du gjer her vil overstyre vala sette i Verktøy Innstillingar LibreOffice Impress Skriv ut for denne utskriftsøkta. 252 LibreOffice 4.2 Impress Guide

248 Figur 195: Dialogvindauget for utskriving fana «Val» Velja standardoppsett for utskrifter Vala som blir gjort i dialogvindauget for utskriving overstyrer alle standardinnstillingane for utskriving sett i Verktøy Innstillingar LibreOffice Impress Skriv ut. Her finn du også andre innstillingar som du kan bruke for å bestemma kvaliteten på utskrifta, om Impress skal varsla om at papirstorleiken eller retninga er feil i høve til skrivaroppsettet. Sjå kapittel 11 Sette opp og tilpasse Impress for meir om dette. Skrive ut brosjyrar Du kan skriva ut ein presentasjon med to sider på kvar arkside sett opp slik at når arket blir folda på midten vil lysbileta bli viste i rett rekkefølgje for å laga ein faldar eller ein brosjyre. Merk Framgangsmåtane omtalte nedanfor er bare eksempel. Måten å gjere dette på er avhengig av kva skrivar og operativsystem som er brukt. Det kan hende du må eksperimentere litt for å finne den beste måten å skrive ut brosjyrane dine. Utskrift på éi og éi side Slik kan du skrive ut ein brosjyre på ein skrivar som berre kan skrive ut på ei side: 1) Vel Fil Skriv ut på menylinja eller bruk tastesnarvegen Ctrl+P for å opna dialogvindauget for utskriving (190 på side 249). 2) Sjå etter at fana Generelt er opna. 3) Klikk på knappen Eigenskapar og sjå etter at skrivaren er sett opp med same papirretningen (ståande eller liggjande) som er sett for sideoppsettet for dokumentet. Til vanleg ordnar systemet rett retning slik at innstillinga for papirretningen ikkje betyr noe, men for utskriving av brosjyrar betyr det noe. Klikk OK for å gå tilbake til dialogvindauget for utskriving. 4) Vel kva lysbilete som skal skrivast ut i Område og kopiar. Du må velje fire eller fleire lysbilete for å laga ein brosjyre. Her vel du også kor mange kopiar du vil laga. 5) Opna fana Sideoppsett i dialogvindauget for utskriving (194 på side 252). 6) Merk av for Brosjyre i området Oppsett. 7) Vel Baksider / venstresider under Inkluder i området Sider. 8) Klikk OK for å lukke vindauget og for å skrive ut den første sida med dei valde lysbileta. Kapittel 10 Skrive ut, sende som e-post, eksportere og lagra lysbiletframvisingar 253

249 9) Ta dei utskrivne arka ut av skrivaren og snu dei rundt med den andre sida opp og legg dei inn i skrivaren igjen i papirskuffa. Det kan hende du må eksperimentere litt for å finne ut korleis dette skal gjerast på den skrivaren du bruker. 10) Repeter steg 1 til 6 ovanfor. 11) Vel Forsider / høgresider i nedtrekkslista Inkluder. Gå tilbake til fana Generelt og vel kor mange kopiar som skal lagast. 12) Klikk OK for å lukke vindauget og for å skrive ut den andre sida med dei valde lysbileta. Dupleksutskriving Slik skriv du ut ein brosjyre på ein skrivar som kan skrive ut dobbeltsidig (dupleks utskriving): 1) Vel Fil Skriv ut på menylinja eller bruk tastesnarvegen Ctrl+P for å opna dialogvindauget for utskriving (190 på side 249). 2) Sjå etter at fana Generelt er opna. 3) Klikk på knappen Eigenskapar og sjå etter at skrivaren er sett opp med same papirretningen (ståande eller liggjande) som er sett for sideoppsettet for dokumentet. Til vanleg ordnar systemet rett retning slik at innstillinga for papirretningen ikkje betyr noe, men for utskriving av brosjyrar betyr det noe. 4) Sjå etter at duplex- eller dobbeltsidig utskriving er vald og vel også kva samanbinsing du vil bruke. 5) Klikk OK for å gå tilbake til dialogvindauget for utskriving. 6) Vel kva lysbilete som skal skrivast ut i Område og kopiar. Du må velje fire eller fleire lysbilete for å laga ein brosjyre. Her vel du også kor mange kopiar du vil laga. 7) Opna fana Sideoppsett i dialogvindauget for utskriving (194 på side 252). 8) Merk av for Brosjyre i området Oppsett. 9) Vel Alle sider under Inkluder i området Sider. 10) Klikk OK for å lukke vindauget og for å skrive ut brosjyren. PDF-eksport Impress kan eksportere presentasjonar til PDF (Portable Document Format). Dette formatet er industristandard og ideelt for å sende fila til andre slik at dei kan sjå på ho i Adobe Reader eller andre program for å vise PDF. Rask PDF-eksport Klikk på knappen Eksporter direkte som PDF på standardverktøylinja for å eksportere heile presentasjonen ved å bruke standard PDF-innstillingane. Dei einaste vala du får er å skrive inn filnamnet og kvar fila skal lagrast. Ingen andre innstillingar er tilgjengelege. Kontroll med innhald og kvalitet for PDF-fila For å få meir kontroll med innhaldet og kvaliteten på PDF-fila gjer du slik: 1) Vel Fil Eksporter som PDF på hovudmenyen for å opna dialogvindauget for PDFinnstillingane (196). Dialogvindauget har seks faner som er omtalte nedanfor her. 2) Gjer vala dine og klikk på Eksporter. 3) Skriv inn kvar PDF-fila skal lagrast og namnet på PDF-fila. 4) Trykk Lagra for å eksportere fila. 254 LibreOffice 4.2 Impress Guide

250 Generelle innstillingar Den generelle fana (196) blir brukt til å bestemme kva sider (lysbilete) som skal vere med i PDFfila og komprimeringstype for bilete (som påverkar biletkvalitetet i PDF-fila) og ein del til. Område bestemmer kva lysbilete som skal vere med i PDF-fila Alle heile dokumentet blir eksportert. Lysbilete eksporterer dei lysbiletnummera som er skrivne inn i boksen. Bruk formatet 3-6 for å eksportere eit område, formatet 7;9;11 for å eksportere enkeltbilete. Du kan også kombinere område og enkeltbilete ved å bruke formatet 3-6;8;10;12. Utval eksporterer det gjeldande utvalet av lysbilete. Bilete set innstillingane for PDF-eksporten for bilete i dokumentet. EPS-bilete med innebygde miniatyrar blir eksporterte bare som miniatyrar. EPS-bilete utan innebygde miniatyrar blir eksporterer som plasshaldarar. Tapsfri komprimering vel ei komprimering utan tap av pikslar. JPEG-komprimering bruker ei JPEG-komprimering av bilete. Er høg kvalitet vald, blir nesten alle pikslane uendra. Med låg kvalitet vil ein del pikslar bli borte og fargeovergangane kan bli synlege som «trappetrinn». Filstorleiken blir derimot mindre. Kvalitet dette er kvalitetsnivået for JPEG-komprimeringa. Reduser biletoppløysinga set biletopløysinga til ei bestemt DPI-oppløysing («Dots Per Inch», vanleg mål for oppløysing i skrivarar). Figur 196: Dialogvindauget for PDF-innstillingar Generelt Kapittel 10 Skrive ut, sende som e-post, eksportere og lagra lysbiletframvisingar 255

251 Generelt set ein del generelle innstillingar for PDF-eksport. Hybrid PDF eksporterer dokumentet som ei PDF-fil med to filformat: PDF og ODF. I program for å vise PDF-filer oppfører fila seg som ei vanleg PDF-fil, men kan redigerast i LibreOffice. Archive PDF/A-1a konverterer til formatet PDF/A-1a. Detter er definert som eit elektronisk filformat for langtidslagring. Alle skrifttypane og PDF_taggane blir lagra i fila. Tagga PDF skriv PDF taggar. Om du merker av for denne kan dette kan gjere fila mykje større. Ei tagga PDF-fil inneheld informasjon om strukturen for dokumentinnhaldet. Tagginga kan vere til hjelp når fila skal visast på ulike skjermar eller med ulike program for skjermvisinga. Lag PDF-skjema lager eit skjema i PDF. Dette skjemaet kan fyllast ut av brukaren. Innsendingsformat vel format for innsendinga av skjema innebygde i PDF-fila: FDF (Forms Data Format), PDF, HTML eller XML. Desse innstillingane overstyrer URLinnstillingane sette i dokumentet. Tillat duplikat av feltnamn gjer at du kan bruke det same feltnamnet på fleire felt i PDF-fila. Viss denne ikkje er avkryssa vil det bli laga unike namn for alle felta. Eksporter bokmerke eksporterer bokmerke for Writer-dokument som PDFbokmerke. Bokmerke blir laga for alle disposisjonsavsnitt (Verktøy Disposisjonsnummerering) og for alle oppføringane i innhaldslister som inneheld hyperlenkjer i kjeldedokumentet. Eksporter kommentarar eksporterer kommentarar i Writer- og Calc-dokument som PDFnotat. Eksporter notatsider eksporterer eit sett med notat som sider sett inn etter lysbileta. Eksporter gøymde sider eksporterer eventuelle gøymde sider i dokumentet som ein del av PDF-fila. Eksporter automatisk innsette blanke sider automatisk innsette blanke sider blir eksporterte til PDF-fila. Dette bør veljast når PDF-fila skal skrivast ut dobbeltsidig. For eksempel dersom avsnittsstilen i ei bok er sett til alltid å byrja nye kapittel på oddetalssider. Dersom det førre kapitlet sluttar på ei oddetalsside, vil LibreOffice setja inn ei blank partalsside. Denne kontrollen bestemmer om denne blanke sida skal eksporterast eller ei. Vis PDF etter eksport opnar den nye PDF-fila etter at ho er eksportert. Innstillingar for første vising På fana for første visinga (197) kan du velja korleis PDF-fila skal opnast i eit program for å vise PDF-filer. Dersom du har vald å bruke kompleks tekst (i Verktøy Innstillingars Språkinnstillingar Språk), kjem det opp eit ekstra val under Samanhengande motståande: Første side er venstre. Normalt er den første sida til høgre når Samanhengande motståande er vald. Ruter Berre side lager ei PDF-fil som viser bare sideinnhaldet. Bokmerke og side lager ei PDF-fil som viser ein bokmerkepalett og sideinnhaldet. Miniatyrbilete og side lager ei PDF-fil som viser ein miniatyrpalett og sideinnhaldet. Opna på side viser kva side PDF-fila skal opnast på. 256 LibreOffice 4.2 Impress Guide

252 Figur 197: Dialogvindauget for PDF-innstillingar Fana for første vising Forstørring Standard lager ei PDF-fil som viser sida i full målestokk, utan forstørring eller forminsking. Dersom PDF-lesaren er sett til å bruke ein forstørringsgrad vil denne bli brukt. Tilpass til vindauget lager ei PDF-fil som blir forstørra eller forminska til å passa fullt ut i vindauget til PDF-lesaren. Tilpass til breidde lager ei PDF-fil forstørra eller forminska til å passa til breidda av vindauget til PDF-lesaren. Tilpass synlege lager ei PDF-fil som blir tilpassa set synlege vindauget i PDFlesaren. Skalering set ein skaleringsfaktor som blir brukt når fila blir opna i PDF-lesaren. Sideoppsett Standard lager ei PDF-fil som blir vist i høve til visingsinnstillingane til PDF-lesaren Enkeltside lager ei PDF-fil som blir vist ei side om gongen. Samanhengande lager ei PDF-fil som viser sidene samanhengande i ei loddrett kolonne. Samanhengande motståande lager ei PDF-fil som viser sidene ved sida av kvarandre i samanhengande kolonnar. Inneheld fila meir enn to sider, blir den første sida vist til høgre. Første sida venstre lager ei PDF-fil som viser sidene ved sida av kvarandre i smanhengande kolonar. Inneheld fila meir enn to sider, blir den første sida vist til Kapittel 10 Skrive ut, sende som e-post, eksportere og lagra lysbiletframvisingar 257

253 venstre. For at dette valet skal vere synleg må støtte for komplekse språk vere aktivert i Verktøy Innstillingar Språkinnstillingar Språk. Innstillingar for brukargrensesnittet På fana for brukargrensesnittet (198) kan du velje fleire innstillingar for visinga av PDF-fila. Noen av desse nyttige når du lagar PDF for presentasjon eller kiosk-type vising. Figur 198: Dialogvindauget for PDF-innstillingar Fana for brukargrensesnitt Vindaugeinnstillingar Tilpass vindauget til framsida lagar ei PDF-fil der heile sida blir vist i eit vindauge. Sentrer vindauget på skjermen lagar ei PDF-fil der sida blir vist i eit vindauge midt på skjermen. Opna i fullskjermmodus lagar ei PDF-fil som blir vist på heile skjermen, over alle andre vindauge. Vis dokumenttittelen lagar ei PDF-fil som blir vist med dokumenttittelen i tittellinja for programmet som viser PDF-fila. Innstillingar for brukargrensesnittet Gøym menylinja gøymer menylinja til programmet som PDF-fila når PDF-fila er aktiv. Gøym verktøylinja gøymer verktøylinja til programmet PDF-fila blir vist med når PDF-fila er aktiv. Gøym vindaugekontrollar gøymer kontrollane for programmet PD>-fila blir vist i når PDF-fila er aktiv. Overgangar Bruk overgangseffektar eksporterer Impress sine overgangseffektar til tilsvarande PDF-effektar Bokmerke Alle bokmerkenivå viser alle bokmerkenivåa når PDF-fila blir opna. 258 LibreOffice 4.2 Impress Guide

254 Synlege bokmerkenivå viser alle bokmerkenivå ned til det merkte nivået når PDFfila blir opna. Innstillingar for lenker På fana for lenker (199) kan du styra korleis bokmerke og hyperlenker skal eksporterast i dokumentet. Figur 199: Dialogvindauget for PDF-innstillingar Fana for lenker Eksporter bokmerke som namngjevne mål bokmerke (mål for referansar) kan i PDF- filer definerast som rektangulære område. I tillegg kan bokmerke til namngitte objekt definerast med namnet deira. Aktiver denne for å eksportere namna på objekta i dokumentet som gyldige mål. Dette gjer at du kan lenke til desse objekta frå andre dokument. Gjer om dokumentreferansar til PDF-mål omformar URL-ar med referansar til andre ODF-filer til PDF-filer med same namnet. Referanseutvidingane.odt,.odp,.ods,.odg, og.odm i URL-en blir gjort om til utvidingar i.pdf. Eksporter URL-ar relativt til filsystemet eksporterer URL-ar til andre dokument som relative URL-ar i filsystemet. Lenkjer på tvers av dokument bestemmer korleis hyperlenker frå PDF-fila til andre filer. Standardmodus lenker frå PDF-dokumentet til andre dokument blir handtert slik operativsystemet er sett opp. Opna med PDF-lesaren lenker til andre dokument vil opna dokumenta med PDFlesaren som viser dokumentet. PDF-lesaren må vere sett opp til å handtere den spesifiserte filtypen inne i hyperlenka. Opna med nettlesaren lenker på tvers av dokument blir opna i nettlesaren. Nettlesaren må vere sett opp til å handtere den spesifiserte filtypen inne i hyperlenka. Innstilingar for trygging fana for trygging (200) blir brukt for å sette innstillinga for PDF-eksport for å kryptere fila slik at ho bare kan opnast med eit passord i tillegg til at det også blir brukt DRM (digital rights management), altså støtte for digitale rettar. Du må sette eit passord før tryggingsvala er tilgjengeleg. Klikk på Set passord for å opna dialogvindauget Set passord (201). Kapittel 10 Skrive ut, sende som e-post, eksportere og lagra lysbiletframvisingar 259

255 Merk Tryggleiksinnstillingane er effektive bare dersom PDF-lesaren respekterer innstillingane. Figur 200: Dialogvindauget for PDF-innstillingar Fana for trygging Figur 201: Dialogvindauget for setting av passord Set passord klikk for å opna dialogvindauget for å sette passord. Du kan skrive inn eitt passord for å opne fila og eit anna passord for å tillate at lesaren redigerer fila. 260 LibreOffice 4.2 Impress Guide

256 Utskriving Ikkje tillate dokumentet kan ikkje skrivast ut. Låg oppløysing (150 dpi) dokumentet kan bare skrivast ut med låg oppløysing (150 dpi). Ikkje alle PDF-lesarane har støtte for dette valet. Høg oppløysing dokumentet kan skrivast ut i høg oppløysing. Endringar Ikkje tillate innhaldet i dokumentet kan ikkje endrast. Setje inn, fjerne og rotere sider det er lov å setje inn, slette og rotere sider. Utfylling av skjemafelt bare utfyllinga av skjemafelt lov. Kommentera, fylla ut skjemafelt bare utfylling av skjema og innskriving av kommentarar er lov. Alt utanom å ta ut side alle endringar lov unntatt å fjerna sider. Innhald Tillat kopiering av innhald merk innhald for kopiering til utklippstavla. Med teksttilgang for tilgjengeverktøya tillat tekst for tilgjengeverktøya. Digitale signaturar Versjon 4.4 (og kanskje tidlegare) har i tillegg eit vindauge for å setje inn digitale signaturar. Eksporter som Flash-fil Macromedia Flash filformat (.swf) blei opphavleg laga for å kunne vise animasjonar på nettsider. Dei fleste nettlesarane som kan spele av filmar kan også vise filene som er eksporterte som Flashfil. Dersom nettlesaren ikkje kan vise Flash-filmar, kan du laste ned Adobe Flash Player gratis frå nettsida Merk Animasjon og overgangar blir ikkje tatt med med ved lagring i Flash-format. Frå LibreOffice kan du lagra Impress-lysbileta som ei Flash-fil i.swf-format slik: 1) Vel Fil Eksport på menylinja. 2) Vel kvar fila skal lagrast og skriv inn eit namn på fila. 1) Under Filformat vel du Macromedia Flash (SWF) (.swf) frå nedtrekkslista og trykk på Lagra. Eksportere som nettsider (HTML-filer) Du kan eksportere presentasjonar som ein serie av nettsider som kan visast i alle nettlesarar. Merk Animasjon og overgangar blir ikkje tatt med med ved lagring i HTML-format. 1) Vel Fil Eksporter på menylinja og velhtml-document (Impress) (.html;.htm) som filtype. 2) Vel ei mappe for fila, eller lag ei ny ved å trykke på knappen oppe til høgre i vindauget. Skriv inn eit namn for fila og trykk Eksporter for å opna vegvisaren for HTML-eksport (202). Kapittel 10 Skrive ut, sende som e-post, eksportere og lagra lysbiletframvisingar 261

257 Figur 202: Vegvisaren for HTML-eksport vel ei utforming Figure 203: Vegvisaren for HTML-eksport vel publikasjonstype 3) Vel ei utforming for alle sidene, anten frå ei eksisterande utforming eller ved å laga ei ny. Dersom du ikkje har noen tidlegare lagra utformingar, vil valet Eksisterande utforming vere gråa ut som utilgjengeleg. 4) Trykk Neste for å velja kva type nettside som skal lagast (Figure 203). Dei tilgjengeleg innstillingane vil skifte etter kva publikasjonstype som er vald. Standard HTML-format ei side for kvart lysbilete med lenkjer for å flytte frå lysbilete til lysbilete. 262 LibreOffice 4.2 Impress Guide

258 Standard HTML med rammer ei side med eit navigeringsfelt til venstre på sida. Bruker lysbilettitlane som navigeringslenker. Klikk på lenkene for å vise lysbiletet på den høgre delen av sida. Automatisk ei side for kvart lysbilete med ein metatagg for oppdatering på kvar side slik at nettlesaren skifter automatisk frå ei side til den neste. Nettkringkasting lager eit ASP- eller Perl-program for å vise sidene. Diverre har LibreOffice førebels ingen måte å lage sider i PHP. 5) Trykk Neste for å bestemma korleis bilete skal lagrast (PNG, GIF eller JPG) og kva oppløysings som skal brukast (204). Når du vel oppløysing bør du ta omsyn til kva utstyr dei fleste av brukarane bruker. Bruker du for eksempel høg oppløysing vil desse måtte rullast sidevegs på ein skjerm med medium oppløysing for å sjå heile biletet. 6) Dersom det i steg 4 er vald å laga ei tittelside, kan du her legge til informasjon som blir vist på den neste sida som kjem fram etter å ha klikka på Neste Next (205). Tittelsida inneheld namn, e-postadressa og heimeside til forfattare og eventuelt andre opplysningar du måtte legge til. Denne delen av vegvisaren blir ikkje vist dersom det ikkje er merka av for Lag tittelside. Figur 204: Vegvisaren for HTML-eksport val av bilettype Kapittel 10 Skrive ut, sende som e-post, eksportere og lagra lysbiletframvisingar 263

259 Figur 205: Vegvisaren for HTML-eksport info for tittelsida Figure 206: Vegvisaren for HTML-eksport vel navigeringsstil 7) Trykk Neste for å velje stilen for navigeringsknappane som blir brukte for å byte mellom sidene (Figure 206). Merker du av for Berre tekst, vil LibreOffice lage ein tekstnavigator. 8) Trykk Next for å velje fargeoppsettet for nettsidene (Figure 207). Du kan velje mellom å bruke fargeoppsettet frå dokumentet, bruke fargar tilpassa nettsider eller bruke eit eigedefinert fargekart. Du kan lagra eit nytt fargekart slik at det blir vist på første sida i vegvisaren for HTML-eksport 9) Trykk på Lag for å laga HTML-filene. Dersom dette er eit nytt oppsett, kjem det opp eit vindauge der du kan lagra oppsettet for å bruke det seinare. Du må i tilfelle gi det eit namn og lagra det. Sjølvsagt kan du også velje å ikkje lagra det. 264 LibreOffice 4.2 Impress Guide

260 Figure 207: Vegvisaren for HTML-eksport velje fargeskjema Sende ein presentasjon som e-post LibreOffice kan enkelt sende presentasjonar som e-postvedlegg i eitt av tre format: ODP (OpenDocument Presentation, Standardformatet for LibreOffice), PPT (Microsoft PowerPointformat) eller som ei PDF-fil. For å sende presentasjonen i ODP-format, vel Fil Send Dette dokumentet som e- postvedlegg eller Fil Send Ein OpenDocument-presentasjon som e-postvedlegg på menylinja. LibreOffice vil då opna ein ny e-post i e-postprogrammet datamaskinen bruker med ODP-dokumentet som vedlegg. For å sende presentasjonen i PPT-format, vel Fil Send Ei PowePoint-fil som epostvedlegg på hovudmenyen. LibreOffice vil då lage ei PPT-fil og opne ein ny e-post i epostprogrammet datamaskinen bruker med PPT-fila som vedlegg. Denne PPT-fila blir ikkje lagra i datamaskinen. For å sende presentasjonen i PDF-format, vel Fil Send Ei PDF-fil som epostvedlegg på hovudmenyen. LibreOffice vil då lage ei PPT-fil ved hjelp av standard PDF-innstillingane (tilsvarande som når du bruker Eksporter direkte som PDF) og opne ein ny e-post i e-postprogrammet datamaskinen bruker med PDF-fila som vedlegg. Denne PPT-fila blir ikkje lagra i datamaskinen. I e-postprogrammet skriv du inn mottakar, emne og eventuell tekst før du sender e-posten. Tips Dersom du vil lagra ein kopi av PPT- eller PDF-fila i tillegg til å sende ho som e-post, lagrar eller eksporterer du først fila før du sender ho som e-postvedlegg. Du kan også sende ein kopi av e-posten til deg sjølv. Kapittel 10 Skrive ut, sende som e-post, eksportere og lagra lysbiletframvisingar 265

261 Digital signering av dokument For å signere eit dokument digitalt treng du ein personleg nøkkel, også kalla eit sertifikat. Ein personleg nøkkel blir lagra i datamaskinen som ein kombinasjon av ein privat nøkkel, som må haldast hemmeleg, og ein offentleg nøkkel som blir lagt til dokumenta når du signerer dei. Du kan få slike sertifikat frå diverse sertifiseringsautoritetar, som kan vere private firma eller ein offentleg institusjon. Når du legg inn ein digital signatur i eit dokument, blir det rekna ut ein kontrollsum basert på innhaldet i dokumentet og den personlege nøkkelen. Kontrollsummen og den offentlege nøkkelen blir publisert saman med dokumentet. Når dokumentet blir opna i ein eller annan datamaskin med ein nyare versjon av LibreOffice, blir det rekna ut ein ny kontrollsum. Denne kontrollsummen blir samanlikna med den lagra kontrollsummen i dokumentet. Dersom desse er like, vil programmet signalisere at dette er det uendra originaldokumentet. Programmet kan også vise den offentlege nøkkelen slik at du kan samanlikne denne med den offentlege nøkkelen som er publisert på nettsida til utferdaren av sertifikatet. Når noen gjer endringar i dokumentet, vil dette bryte den digitale signaturen. På operativsystem frå Windows blir det brukt Windows sine metodar for å kontrollere ein signatur. På GNU/Linux-system blir filer levert av Thunderbird, Mozilla eller Firefox brukte. Du kan finne meir om korleis du kan skaffe deg og handtere eit sertifikat og om signaturgodkjenning i «Om digitale signaturar» i hjelp for LibreOffice. Figure 208: Dialogvindauget for digitale Signaturar Slik signerer du eit dokument digitalt: 1) Vel Fil Digitale signaturar på hovudmenyen. 2) Dersom dokumentet ikkje er lagra etter siste endringa, kjem det opp ei melding om dette. Trykk på Ja for å lagra fila. Dialogvindauge for digitale signaturar bli nå opna (Figure 208). 3) Trykk på Signer dokumentet for å legge den offentlege nøkkelen til i dokumentet. 4) Vel sertifikatet ditt i dialogvindauget Vel sertifikat og trykk OK for å lukke vindauget. 266 LibreOffice 4.2 Impress Guide

262 5) Dersom det er nødvendig gjentek du steg 3 og 4 for å legge til fleire sertifikat. 6) Klikk OK for å legge den offentlege nøkkelen til det lagra dokumentet. Når eit dokument er signert digitalt, kjem det fram eit symbol på statuslinja. Du kan klikke på dette symbolet for å sjå sertifikatet. Fjerne personlege data Det hender det er ønskjeleg å fjerna personlege data, versjonar, notat, gøymd informasjon eller registrerte endringar frå dokumentet før det blir sendt til andre eller blir eksportert som PDF-fil. I Verktøy Innstillingar LibreOffice Trygging Innstillingar kan du setje LibreOffice til å åtvara deg når filer som inneheld bestemte informasjonar blir lagra eller eksporterte. Du kan også her velje å sletta bestemt informasjon når dokumentet blir lagra eller eksportert. For å fjerna personlege data og ein del andre data frå ei fil, vel Fil Innstillingar og sjå etter at det ikkje er kryssa av for Tillat innsamling av bruksinformasjon i fana Generelt og tryk på knappen Tilbakestill. Dette vil sletta namn i oppretta eller endra felt, slettar dato for oppretting og utskriving og set redigeringsdatoen til null, dato for oppretting til dagens dato og versjonsnummeret til 1. Trykk på OK for å lagra endringane. Opna og lagra ei PowerPoint-fil Filformatet som LibreOffice Impress brukar er nært kompatibelt med formatet som Microsoft PowerPoint bruker. Du kan opna ein PowerPoint-presentasjon i Impress, redigera han og lagra han i originalt PowerPoint-format eller i OpenDocument presentasjon-format som blir brukt av Impress. Du kan også lage ein ny presentasjon i Impress og lagra han som ei PowerPoint-fil. Merk OpenDocument-filene (.odp) og PowerPoint-filene (.ppt,.pptx) er ikkje heilt like. Dei handterer tekst- og biletformatering, animasjonar, overgangar og felt litt ulikt. For å få best mogleg resultat er det difor lurt å halde seg borte frå funksjonar som ikkje er støtta av begge formata fullt ut. Lagra ei Impress-fil som ei PowerPoint-fil 1) 2) 3) 4) Vel Fil Lagra som på menylinja. Vel kvar PowerPoint-fila skal lagrast og skriv inn eit namn på fila. Vel Microsoft PowerPoint-format (.ppt or.pptx) som filtype i nedtrekkslista. Trykk på Lagra. Dersom det er kryssa av for «Sei i frå når dokumentet ikkje vert lagra i ODF- eller standardformat» sett i Verktøy Innstillingar Last inn/lagra Generelt vil det kome opp eit dialogvindauge for å stadfesta lagringa (210). Klikk på knappen som viser Microsoft PowerPoint-formatet for å stadfesta at du vil lagre i dette formatet. Du kan om ønskjeleg fjerna avkryssinga for «Spør når det ikkje vert lagra i ODF- format» slik at du slepp dette dialogvindauget. Kapittel 10 Skrive ut, sende som e-post, eksportere og lagra lysbiletframvisingar 267

263 Tips Når du arbeider med presentasjonar bør du gjere alt arbeidet i Impress og lagra resultatet i Impress OpenDocument-format (.odp) før du lagrar det i Microsoftformat. Du vil då unngår eventuelle problem som kan dukke opp når du opnar ei fil som er lagra i PowerPoint-format, redigerer fila og lagrar ho igjen i PowerPointformat. Figure 209: Dialogvindauget for å stadfeste filformatet Opna ei PowerPoint-fil i Impress Dersom du tar i mot ei fil i PowerPoint-format og treng å redigere fila i Impress, kan du gjere det slik: 1) Vel Fil Opna i menylinja i OpenOffice. 2) I Filtype vel du Alle filer (*.*), Presentasjonar eller Microsoft PowerPoint i nedtrekkslista. 1) Finn fram til PowerPointfila, merk ho og klikk Opna. PowerPoint-fila kan nå redigerast og lagrast som ei Impress-fil eller som ei PowerPoint-fil. For å lagra fila som ei Impress-fil, vel Open Document Presentation (.odp) som filtype. 268 LibreOffice 4.2 Impress Guide

264 Kapittel 11 Setje opp og tilpasse Impress

265 Innstillingane for LibreOffice Denne bolken omhandlar noen av innstillingane som er tilgjengelege for alle komponentane i LibreOffice og som kan vere av interesse for Impress-brukarane. Andre generelle innstillingar er omtalte i Getting Started Guide Chapter 2 Setting Up LibreOffice. 1) Vel Verktøy Innstillingar (LibreOffice Innstillingar på Mac) på menylinja for å opna dialogvindauget for innstillingar. Kva som står i lista til venstre i vindauget er avhengig av kva komponentar av LibreOffice som er i bruk. Lista på biletet viser korleis lista ser ut når vindauget er opna frå Impress. (211). 2) Klikk på ekspansjonsmerket (+ eller trekant) ved LibreOffice på venstresida for å få fram lista med underoppføringar. Figur 210: Innstillingar LibreOffice Dialogvindauget for brukardata Merk Knappen Tilbakestill har den same funksjonen på alle innstillingssidene. Trykk på denne for å setje alle verdiar tilbake til slik dei var då du opna LibreOffice. Innstillingane for brukardata Impress bruker for- og etternamnet frå brukardatafilaa for å fylle inn felta Laga av og Endra av i dokumenteigenskapane og i det valfrie forfattar-feltet i botnteksten til ein presentasjon og i merknadar. Dersom dette ikkje er namnet ditt og du gjerne vil bruke namnet ditt i desse tilfella, gjer du slik: 1) Klikk på LibreOffice Brukarinformasjon (211) i dialogvindauget for innstillingar. 2) Fyll ut Adresse-skjemaet med dataane dine og/eller slett feil informasjon. Innstillingar for utskriving Vel LibreOffice Skriv ut (212) i dialogvindauget for innstillingar for å tilpasse innstillingane for utskriving til skarivaren du bruker og for dei vanlegaste utskrivingsmetodane. 270 LibreOffice 4.2 Impress Guide

266 Du kan endre desse innstillingane når som helst, anten frå dette dialogvindauget eller ved utskrivinga. Sjå kapittel 10 Skrive ut, sende som e-post, eksportere og lagra lysbiletframsyningar i denne vegvisaren for meir om dei tilgjengelege innstillingane for utskriving. Figur 211: Innstillingar LibreOffice Dialogvindauget for utskriving Innstillingar for fargar Vel LibreOffice Fargar (213) i dialogvindauget for innstillingar for å velje fargar som skal brukast i dokument i LibreOffice. Du kan velje farge frå ein fargetabell, redigere eksisterande fargar eller lage nye. Fargane blir lagra i fargepaletten for fargeval og er tilgjengelege i alle LibreOfficekomponentane. Du kan også definere fargar i Impress frå Format Område på menylinja eller frå verktøylinjene for linje og fyll, men desse fargane er bare tilgjengelege i Impress, ikkje dei andre komponentane i LibreOffice. Figur 212: Innstillingar LibreOffice Dialogvindauget for fargar Kapittel 11 Setje opp og tilpasse Impress 271

267 Innstillingar for utsjånad Vel LibreOffice Utsjånad (Figure 214) i dialogvindauget for innstillingar for å bestemma kva element som skal vere synlege og fargane på ulike element i brukargrensesnittet. Dei einaste vala som er tilgjengelege for Impress (og Draw) er fargane for rutenett. Rull ned på sida til du finn Teikning/presentasjon. Du kan endra standardfargen for rutenetten ved å trykke på nedoverpila i fargeruta og velje ein farge frå fargekartet som kjem opp. Ønskjer du å lagra fargeendringane som eit fargekart, trykk på knappen Lagra og skriv eit namn i dialogvindauget som kjem opp og trykk OK. Figur 213: Innstillingar LibreOffice Dialogvindauget for utsjånad Velje innstillingar for Impress Klikk på utvidingsmerket til venstre for LibreOffice Impress i dialogvindauget Innstillingar for å opna menylista for Impress (Figure 216). Generelle innstillingar Klikk på LibreOffice Impress Generelt (Figure 216) for å bestemme dei generelle innstillingane for presentasjonsdokument. Tekstobjekt Tillat snarredigering dersom det er merkt av for denne, kan du redigere tekst straks du har klikka på eit tekstobjekt. Er denne ikkje avkryssa, må du dobbeltklikke for å redigere teksten. I ein presentasjon kan du også aktivere tekstredigering ved hjelp av knappen Tillat snarredigering på verktøylinja for innstillingar (215). 272 LibreOffice 4.2 Impress Guide

268 Figure 214: Verktøylinja for innstillingar Figur 215: Innstillingar LibreOffice Dialogvindauget Impress generelt (versjon 4.3) Berre tekstområde er merkt gjer at du kan merka ei tekstramme ved å klikke på teksten. I tekstområda som ikkje har tekst kan du velja eit objekt bak tekstramma. Du kan også aktivere denne ved å bruke knappen Merk berre tekstområde innstillingar.lbar. på verktøylinja for Nytt dokument (bare presentasjponar) Start med vegvisaren merk av denne for å bruke Presentasjonsvegvisaren når du skal lage ein ny presentasjon ved å bruke Fil Ny Presentasjon på menylinja. Innstillingar Bruk mellomlager for bakgrunn gjer at mellomlageret blir brukt for å vise objekt på hovudutforminga. Dette gjer at visinga går fortare. Slå av dette valet dersom innhaldet i hovudutforminga endrar seg. Kopier ved flytting gjer at det blir laga ein kopi når du flytter eit objekt ved å halde nede Ctrl-tasten. Det vil også bli laga ein kopi når du roterer eller endrar storleik på objektet. Det opphavlege objektet blir verande der det står med uendra storleik. Objekt alltid flyttbare gjer at du kan flytte eit objekt med roteringsverktøyet. Er denne ikkje avkryssa, kan du ikkje flytte eit objekt med roteringsverktøyet, bare rotere det. Måleeining her bestemmer du kva måleeining som skal brukast i presentasjonane. Tabulatorar bestemmer avstanden mellom tabulatorane. Kapittel 11 Setje opp og tilpasse Impress 273

269 Presentasjon Alltid ved gjeldande side (Ikkje i 4.3 og 4.4) gjer at presentasjonen byrjar med det gjeldande lysbiletet. Er denne ikkje merkt, vil presentasjonen byrja med det første lysbiletet. Slå på presentasjonskonsoll slår på presentasjonskonsollen dersom datamaskinen er kopla til to skjermar. Presentasjonskonsollen blir brukt for å styre visinga på hovudskjermen frå datamaskinen. Slå på fjernkontroll gjer at du kan bruke Bluetooth fjernkontroll under framvisinga. Fjern merkinga av denne for å slå av fjernkontrollen. Kompatibilitet Innstillingane sette i dette området gjeld bare for det aktive dokumentet. Bruk skrivarmål for dokumentformatering gjer at oppsettet og måleeiningane for skrivaren blir brukt både for utskriving og for skjermvisinga. Er denne ikkje merkt, vil det bli brukt ei utforming som ikkje er skrivaravhengig både for skjermvisinga og utskriving. Merker du av for denne og lagrar dokumentet i for eksempel eit eldre binærfomat, vil dette valet ikkje bli lagra. Opnar du fila i eit eldre format, blir dette valet sett som standard. Legg til avstand mellom avsnitt og tabellar (i gjeldande dokument) gjer at Impress reknar ut avstanden mellom avsnitt på same måten som Microsoft PowerPoint gjer det. Microsoft PowerPoint legg avstanden etter avsnittet til avstanden over neste avsnitt for å rekna ut den totale avstanden mellom dei to avsnitta. Impress bruker bare den største av desse to avstandane. Innstillingar for vising Klikk på LibreOffice Impress Vis (Figure 217) i dialogvindauget for innstillingar for å få fram eit vindauge der du kan bestemma visingsmodus. Dette påverkar kor raskt skjermvisinga er under redigeringa av presentasjonen. Linjalar synlege bestemmer om linjalane oppe og til venstre for arbeidsområdet skal visast eller ikkje. Festelinjer ved flytting gjer at festelinjene blir synlege medan eit objekt blir flytt. Festelinjene er prikka linjer som kjem fram utføre boksen som inneheld det merkte objektet og over heile arbeidsområdet. Desse hjelpelinjene gjer det enklare å plassere objektet nøyaktig. Du kan også bruke denne funksjonen ved å trykke på knappen Hjelpelinjer under flytting på verktøylinja for innstillingar (215) dersom ein presentasjon er open. Alle kontrollpunkt i bezier-redigeringa viser alle kontrollpunkta for alle bezierpunkta dersom du har merkt ei bezierkurve. Dersom denne ikkje er merkt, vil bare kontrollpunkta for den merkte bezierkurven bli vist. Omriss for kvart enkelt objekt Impress vil vise omrisset av kvart objekt når objektet blir flytt. Dette gjer at du kan sjå om eitt enkelt objekt er i konflikt med andre objekt i målområdet for flyttiga. Er denne ikkje vald, vil Impress vise bare ein firkant som inkluderer alle dei merkte objekta. Innstillingar for rutenett Klikk på LibreOffice Impress Vis (Figure 218) i dialogvindauget for innstillingar for å få fram eit vindauge der du kan bestemma innstillingane for rutenett i Impress. Rutenett er til hjelp for å plassere objekta nøyaktig i lysbiletet. Du kan også bruke rutenettet som festelinjer. 274 LibreOffice 4.2 Impress Guide

270 Dersom du har slått på festelinjer men ønskjer å plassere objektet utan hjelp av desse linjene, hald nede Shift-tasten for å kopla ut funksjonen så lenge som nødvendig. Figure 216: Dialogvindauget for Innstillingar LibreOffice Impress Vis Rutenett Fest til rutenett aktiverer festefunksjonen. Dersom du har vald denne funksjonen og ønskjer å flytte enkeltobjekt utan å feste til linjene, hald nede Shift-tasten under flyttinga. Du kan også slå av og på funksjonen med knappen Fest til rutenett på verktøylinja for innstillingar (215). Synleg rutenett viser rutenettpunkta på skjermen. Desse punkta er ikkje synlege når du viser presentasjonen eller skriv han ut. Figure 217: Dialogvindauget for Innstillingar LibreOffice Impress Rutenett Oppløysing Vassrett definerer kor lang avstanden skal vere mellom rutenettpunkta på X-aksen. Loddrett definerer kor lang avstanden skal vere mellom rutenettpunkta på Y-aksen. Synkroniser aksane gjer at oppløysinga for x-aksen og y-aksen blir den same. Underdeling Vassrett bestemmer talet på mellomliggande rutenettpunkt på X-aksen. Kapittel 11 Setje opp og tilpasse Impress 275

271 Loddrett bestemmer talet på mellomliggande rutenettpunkt på Y-aksen. Fest Til festelinjer fester kanten av objektet til den næraste festelinja når du slepp museknappen. Du kan også definere denne innstillinga ved å bruke knappen Fest til rutenett på verktøylinja for innstillingar (215). Til sidemargane innretter omrisset av biletet til den næraste margen. Markøren eller biletomrisset må vere innføre festeområdet. I presentasjonen kan du slå på denne funksjonen frå knappen Fest til sidemargar på verktøylinja for innstillingar. Til objektramme innretter omrisset av biletet til kanten av det næraste biletobjektet. Markøren eller biletomrisset må vere innføre festeområdet. I presentasjonen kan du slå på denne funksjonen frå knappen Fest til objektkanten på verktøylinja for innstillingar. Til objektpunkt innretter omrisset av biletet til punkta på det næraste biletobjektet. Markøren eller biletomrisset må vere innføre festeområdet. I presentasjonen kan du slå på denne funksjonen frå knappen Fest til objektpunkt på verktøylinja for innstillingar. Festeområde definerer kor nær musepeikaren eller objektomrisset må vere for å aktivere festinga. LibreOffice Impress vil feste til eit festepunkt dersom musemarkøren er nærare enn denne avstanden. Festeposisjon Når objektet vert laga eller flytt gjer at grafiske objekt er avgrensa til vassrett, loddrett eller diagonalt (45 ) når objekta blir laga eller flytt. Du kan slå av desse restriksjonane ved å halde nede Shift-tasten. Utvida kantar gjer at kvadrat blir laga ut frå den lengste sida i eit rektangel når Shifttasten blir trykt ned før du slepp museknappen. Dette gjeld også for ellipsar. Det blir laga ein sirkel ut frå den lengste diameteren i ellipsen. Dersom det ikkje er merkt av for denne funksjonen, blir eit kvadrat eller ein sirkel laga ut frå den kortaste sida eller den kortaste diameteren. Ved rotasjon gjer at grafiske objekt bare kan roterast innføre multiplar av den spesifiserte vinkelen. Du kan oppheve funksjonen ved å halde nede Shift-tasten under roteringa. Slepp tasten når den ønskte vinkelen er nådd. Punktreduksjon definerer vinkelen for punktreduksjon. Dette kan vere nyttig under arbeid med mangekantar. Innstillingar for utskrift Klikk på LibreOffice Impress Skriv ut (Figure 219) i dialogvindauget for innstillingar for å setje innstillingar for å skrive ut ein presentasjon. Sjå kapittel 10 Skrive ut, sende som e-post, eksportere og lagra lysbiletframvisingar for meir om dei tilgjengelege vala. Skriv ut Sidenamn bestemmer om sidenamnet skal skrivast ut. Dato bestemmer om dagens dato skal skrivast ut. Klokkeslett bestemmer om gjeldande klokkeslett skal skrivast ut. 276 LibreOffice 4.2 Impress Guide

272 Gøymde sider bestemmer om sidene som er gøymde frå presentasjonen skal skrivast ut. Figure 218: Dialogvindauget for Innstillingar LibreOffice Impress Skriv ut Sideinnstillingar Standard gjer at sida ikkje blir skalert ved utskrift. Tilpass til side gjer at objekt som er for store blir forminska for å passe til papiret i skrivaren. Side ved side gjer at sidene blir skrivne ut side ved side dersom lysbileta er mindre enn papirformatet. Brosjyre vel denne funksjonen dersom du vil skrive ut i brosjyreformat. Du kan også velje om framsida, baksida eller begge sidene av brosjyren skal skrivast ut. Framside skriv ut framsida av brosjyren. Bakside skriv ut baksida av brosjyren. Papirskuff frå skrivaroppsettet gjer at papirskuffen blir bestemt av skrivaroppsettet. Kvalitet Standard gjer at utskrifta blir gjort i originalfargane. Gråtonar gjer at utskrifta blir gjort i gråtoner. Svart/Kvit gjer at utskrifta blir gjort i svart/kvitt. Tilpassa brukargrensesnittet Skrifttype for menyane Du kan endra skrifttypen brukt i menyane frå den skrifta som blir levert med LibreOffice til systemskrifta brukt i operativsystemet slik: 1) Vel Verktøy Innstillingar LibreOffice Vis (Figure 221) på menylinja. 2) Merk av for Bruk systemskrifta i brukargrensesnittet og trykk OK. Kapittel 11 Setje opp og tilpasse Impress 277

273 Menyinnhald Du kan tilpassa menyane i Impress ved å legge til element eller flytte rundt på elementa på menylinja i tillegg til andre forandringar. 1) Du kan tilpassa menyane i Impress ved å legge til element eller flytte rundt på elementa på menylinja i tillegg til andre forandringar. (220). 2) Sjå etter at fana Menyar er opna. 3) Vel i nedtrekkslista Lagra i om menyen skal lagrast i LibreOffice Impress eller for ein presentasjon. 4) Vel menyen du vil endre i nedtrekkslista Meny i LibreOffice Impress-menyar. 5) Klikk på knappen Meny eller Endra for å tilpassa den valde menyen. Du kan også legge til kommandoar i menyen ved å trykke på knappen Legg til. Desse handlingane blir omtalt nærare nedanfor. Bruk pilknappane like etter Oppføringar for å flytte menyoppføringane opp elller ned. 6) Når du er ferdig med tilpassinga, trykk OK for å lagra dei. Figure 219: Dialogvindauget for tilpassing fana menyar 278 LibreOffice 4.2 Impress Guide

274 Laga nye menyar Figur 220: Dialogvindauget for ny meny Slik lagar du ein ny meny: 1) Trykk knappen Ny på fana Menyar for å opna dialogvindauget for å laga nye menyar(feil: Fann ikkje kjelda til referansen). 2) Skriv inn eit namn for den nye menyen i feltet Menynamn. 3) Bruk pilknappane for å flytte den nye menyen der du vil ha han på menylinja. 4) Trykk OK for å lagra. Den nye menyen kjem nå opp på lista over menyar i tilpassvindauget. Menyen vil kome fram på menylinja når tilpassingane er lagra. 5) Når du har laga ein ny meny, kan du legge til ønskte kommandoar som vist i «Feil: Fann ikkje kjelda til referansen» på side Feil: Fann ikkje kjelda til referansen. Flytte eksisterande menyar Slik flytter du ein eksisterande meny: 1) Vel menyen du vil endra frå nedtrekkslista Meny i fana Menyar i tilpassingsvindauget. (220). 2) Trykk på knappen Meny og vel Flytt frå nedtrekkslista for å opna dialogvindauget for flytting (Feil: Fann ikkje kjelda til referansen). 3) Merk menyen du vil flytte, for eksempel Fil, på lista over Menyplasseringar. 4) Bruk pilknappane for å flytte menyen dit du vil ha han på menylinja. 5) For å flytte undermenyar (for eksempel Fil Send), vel hovudmenyen (Fil) i menylista og deretter vel du undermenyen Send i lista over oppføringar i menyinnhaldet i tilpassingsvindauget (220). Bruk piltastane for å flytte menyoppføringa opp eller ned i menyen. 6) Trykk OK for å lagra endringane og lukke vindauget. Merk For standardmenyane i LibreOffice er det bare valet Flytt som er tilgjengeleg. Du kan ikkje gje dei nytt namn eller slette dei. Kapittel 11 Setje opp og tilpasse Impress 279

275 Lage tastesnarvegar I tillegg til å gi ein meny eit nytt namn, kan du også legge til tastesnarvegar som gjer at du kan opne menyen ved å halde nede Alt-tasten medan du trykker på den bokstaven som er understreka i menynamnet. 1) Merk menyen eller ei menyoppføring. 2) Klikk på Endra i tilpassingsvindauget (220) og vel Gje nytt namn. Dette vil opne eit dialogvindauge for å gi nytt namn med den valde oppføringa i boksen for Nytt namn. 3) Skriv inn ein tilde (~) framføre den bokstaven som skal brukast som snartast. For eksempel for å opna menyen Lagra alle ved å trykke Alt + G, skriv inn La~gra alle. 4) Klikk på OK for å lagra namneendringane og lukke vindauget for å gi nytt namn. 5) Klikk på OK for å lagra endringane og lukke dialofvindauget for tilpassing. Merk Vis omtanke når du lagar nye snarvegar slik at du ikkje vel ein tastekombinasjon som er i bruk frå før. I eksempelet ovanfor, sjå etter at ingen andre menyar blir opna med tastekombinasjonen Alt + G i den same menyen. Figure 221: Dialogvindauget for å legge til kommandoar 280 LibreOffice 4.2 Impress Guide

276 Legge til menykommandoar Du kan legge til kommandoar til menyar og menyar du har laga. 1) Vel menyen i menylista på fana Menyar i tilpassingsvindauget (220) og trykk på Legg til. Dett vil opna vindauget for å legge til kommandoar (Figure 222). 2) Vel kategori og deretter kommandoen du vil bruke. 3) Trykk på Legg til. Dialogvindauget blir halde ope slik at du kan legge til fleire kommandoar. 4) Når du er ferdig, trykk på Lukk. 5) Bruk piltastane i tilpasingsvindauget for å setje kommandoane i ønskt rekkefølgje. 6) Trykk OK for å lagra endringane og lukke vindauget. Endre menyoppføringane I tillegg til å endre rekkefølgja på oppføringane i ein meny eller ein uundermeny, kan du også legge til undermenyar, gi oppføringane nytt namn, sletta dei eller legge til gruppeskilje. 1) Vel menyen du ønskjer å endre i menylista i fana Menyar i tilpassingsvindauget (220). 2) Vel ei oppføring i lista Oppføringar under menyinnhaldet. 3) Trykk på knappen Endra og vel den aktuelle handlinga frå lista som kjem opp. Dei fleste handlingane er sjølvforklarande. Byrja ei gruppe legg til ei skiljelinje etter den utheva oppføringa. Kapittel 11 Setje opp og tilpasse Impress 281

277 Figure 222: Dialogvindauget tilpass fana verktøylinjer Tilpasse verktøylinjene Du kan tilpassa verktøylinjene på mange måtar, mellom anna velje kva symbol (ikon) som skal visast. Du kan også låse plasseringa på ei innlimt verktviseøylinje slik det er forklart i Getting Started Guide Chapter 1, Introducing LibreOffice. Denne bolken forklare korleis du kan lage nye verktøylinjer og legge til andre symbol (kommandoar) til dei som alt er tilgjengelege på ei verktøylinje. Tilpasse verktøylinjer 1) Vel Vis Verktøylinjer Tilpass eller Verktøy Tilpass på menylinja eller høgreklikk på ein tom plass på verktøylinja og vel Tilpass verktøylinja frå menyen som kjem opp for å opne dialogvindauget for tilpassing (Figure 222). 2) Sjå etter at fana Verktøylinjer er ope. 3) I nedtrekkslista Lagra i vel du om verktøylinja skal lagrast i Impress eller i ein vald presentasjon. 282 LibreOffice 4.2 Impress Guide

LibreOffice 4.0 Handbok for Impress. Presentasjonar i LibreOffice

LibreOffice 4.0 Handbok for Impress. Presentasjonar i LibreOffice LibreOffice 4.0 Handbok for Impress Presentasjonar i LibreOffice Opphavsrett Opphavsretten til dette dokumentet, 2011 2014, tilhøyrer utgjevarane som er lista opp nedanfor. Du har lov til å didtribuere

Detaljer

Kom i gang med LibreOffice. Kapittel 14 Tilpass LibreOffice

Kom i gang med LibreOffice. Kapittel 14 Tilpass LibreOffice Kom i gang med LibreOffice Kapittel 14 Tilpass LibreOffice Opphavsrett Opphavsretten til dette dokumentet, 2011 2014, tilhøyrer utgjevarane som er lista opp nedanfor. Du har lov til å didtribuere det vidare

Detaljer

Kom i gang med LibreOffice. Tillegg A Snøggtastane

Kom i gang med LibreOffice. Tillegg A Snøggtastane Kom i gang med LibreOffice Tillegg A Snøggtastane Opphavsrett Opphavsretten til dette dokumentet, 2010 2014, tilhøyrer utgjevarane som er lista opp nedanfor. Du har lov til å distribuere det vidare og/eller

Detaljer

Kapittel 12 Lage nettsider

Kapittel 12 Lage nettsider Kom i gang med LibreOffice Kapittel 12 Lage nettsider Lagra dokument som HTML-filer Opphavsrett Opphavsretten til dette dokumentet, 2010 2014, tilhøyrer utgjevarane som er lista opp nedanfor. Du har lov

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Lingspeak 3 3.0.487.0. Lingit AS

Lingspeak 3 3.0.487.0. Lingit AS Lingspeak 3 3.0.487.0 Lingit AS Lingspeak 3 Innhald Kva er Lingspeak 3?...1 Installasjon...2 Starte Lingspeak...3 Avslutte Lingspeak...3 Lese opp tekst...4 Hovudvindauget...5 Lagre til lydfil...5 Opplesingsvindauget...6

Detaljer

Kom i gang med LibreOffice Innføring. Kapittel 7 Kom i gang med Draw. Vektorteikning i LibreOffice

Kom i gang med LibreOffice Innføring. Kapittel 7 Kom i gang med Draw. Vektorteikning i LibreOffice Kom i gang med LibreOffice Innføring Kapittel 7 Kom i gang med Draw Vektorteikning i LibreOffice Opphavsrett Opphavsretten til dette dokumentet, 2011 2014, tilhøyrer utgjevarane som er lista opp nedanfor.

Detaljer

Brukarrettleiing (v. 1.5) i OpenOffice.org v. 2.0.1. Brukarrettleiing. Kvam herad. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 1 av 36

Brukarrettleiing (v. 1.5) i OpenOffice.org v. 2.0.1. Brukarrettleiing. Kvam herad. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 1 av 36 Brukarrettleiing Kvam herad 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 1 av 36 1 Forord Denne brukarrettleiinga tek for seg programme i OpenOffice.org 2.0.1 OpenOffice.org (heretter forkorta til OpenOffice) er

Detaljer

Store dokument i Word

Store dokument i Word Store dokument i Word versjon 2007 av Kjell Skjeldestad Hjelp til betre organisering av skrivearbeidet august 2009 Ved skriving av store dokument er det viktig å få god oversikt over dei ulike delane av

Detaljer

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

POLITISKE SAKSDOKUMENT: POLITISKE SAKSDOKUMENT: FRÅ PAPIR TIL PC Installasjons- og brukarrettleiing Politikar-PC Surnadal kommune 1 2 Innhald 1 Last ned PDF-XChange Viewer... 4 2 Installere PDF-XChange Viewer... 5 3 Anbefalt

Detaljer

Brukarmanual. www.osberget.no

Brukarmanual. www.osberget.no www.osberget.no Brukarmanual Velkomen Takk for at du valde Osberget GO Dette er verktøyet for deg som ynskjer å oppgradere og halde ved like nettstaden din på ein raks og effektiv måte. Osberget GO er

Detaljer

Kome i gang med LibreOffice Innføring. Kapittel 1 Innleiing til LibreOffice

Kome i gang med LibreOffice Innføring. Kapittel 1 Innleiing til LibreOffice Kome i gang med LibreOffice Innføring Kapittel 1 Innleiing til LibreOffice Opphavsrett Opphavsretten til dette dokumentet, 2011 2014, tilhøyrer utgjevarane som er lista opp nedanfor. Du har lov til å didtribuere

Detaljer

Du må ha tilgang til trådlaust nettverk (wifi) eller mobilt datanettverk for å kunne laste ned saker.

Du må ha tilgang til trådlaust nettverk (wifi) eller mobilt datanettverk for å kunne laste ned saker. 12.11.2012 ipad-oppskrifter Innhald 1. Skaff deg mobil datatilgang... 1 2. Hent siste versjon av operativsystemet (ios)... 1 3. Opprett konto i App Store... 2 4. Last ned app frå App Store... 3 5. Last

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Brukarhandbok for Lingdys 3.8

Brukarhandbok for Lingdys 3.8 Brukarhandbok for Lingdys 3.8 3.8.869.0 Lingit AS Brukarhandbok for Lingdys 3.8 Innhald Kva er Lingdys?...1 Installasjon...3 Installasjon frå CD...3 Oppdatering til ny versjon eller nyinstallasjon via

Detaljer

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling 1 Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling og visse konsekvensar:... 6 Ulike roller i Fronter...

Detaljer

Bilete og figurar i Word

Bilete og figurar i Word Bilete og figurar i Word av Kjell Skjeldestad Ofte har me behov for å setje inn ulike illustrasjonar i teksten vår. Det kan vere bilete, teikningar, diagram osv. Me skal sjå på nokre av dei mulegheitene

Detaljer

Brukarhandbok for Lingdys 3.8

Brukarhandbok for Lingdys 3.8 Brukarhandbok for Lingdys 3.8 3.8.903.0 Lingit AS Brukarhandbok for Lingdys 3.8 Innhald Kva er Lingdys?...1 Installasjon...3 Installasjon frå CD...3 Oppdatering eller installasjon via internett...4 Oppstart

Detaljer

osbergetcms Brukarmanual www.osberget.no

osbergetcms Brukarmanual www.osberget.no osbergetcms Brukarmanual www.osberget.no Innhald 03. Velkomen 05. Innlogging 06. Arkfanene 07. Redigering av nettside 09. Artikkel 10. Bilde 11. Galleri 12. Del 12. Legg til meny 13. Meir 15. Meny - redigering

Detaljer

Informasjonssbrev Arkivplan.no 2015.09

Informasjonssbrev Arkivplan.no 2015.09 Informasjonssbrev Arkivplan.no 2015.09 Eigarane av arkivplan.no har no gleda av å presentere verktøyet i ei oppdatert og forbetra utgåve. Den nye versjonen er tilgjengeleg frå 05.10.2015. Oppdateringane

Detaljer

GeoGebra. brukt på eksamensoppgåver i 10. kl. Sigbjørn Hals

GeoGebra. brukt på eksamensoppgåver i 10. kl. Sigbjørn Hals GeoGebra brukt på eksamensoppgåver i 10. kl. Sigbjørn Hals Innhald Kva er GeoGebra?... 2 Kva nytte har elevane av å bruke GeoGebra?... 2 Kvar finn vi GeoGebra?... 2 Oppbygginga av programmet... 3 Løysing

Detaljer

Manual oppdatering av nettsider Sogndal idrettslag

Manual oppdatering av nettsider Sogndal idrettslag Manual oppdatering av nettsider Sogndal idrettslag Dato: 27.04.2015 Versjon: 1.0 1. Innlogging og support Gå til www.sogndalidrettslag.no/login Her finn du oversikt over supportsider og korleis du får

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Sognefrukt Medlemsportal - Introduksjon

Sognefrukt Medlemsportal - Introduksjon Sognefrukt Medlemsportal - Introduksjon Programmet installerast ved å lasta det ned frå www.sognefrukt.no sine heimesider, du finn programmet under "Programvare" menyen på venstre side Installasjon: Last

Detaljer

Bruk av OpenOffice.org 3 Writer

Bruk av OpenOffice.org 3 Writer Bruk av OpenOffice.org 3 Writer OpenOffice.org 3 er et gratis og bra alternativ til Microsoft Office (Word, Excel, Power Point osv.). 1 Oppstart av OpenOffice.org Trykk på Start etterfulgt av Programmer

Detaljer

Telefrukt AS. Medlemsportal - Introduksjon

Telefrukt AS. Medlemsportal - Introduksjon Telefrukt AS. Medlemsportal - Introduksjon Programmet installerast ved å lasta det ned frå www.telefrukt.no sine heimeside. Installasjon: Last ned programvaren frå Hardanger Fjordfrukt lagre / opne eller

Detaljer

Legg til rette for å lese politiske saksdokument på ipad

Legg til rette for å lese politiske saksdokument på ipad 24.06.2015 Legg til rette for å lese politiske saksdokument på ipad Denne oppskrifta viser korleis du kan gjere ipad-en din klar for å laste ned politiske saksdokument slik at du kan lese dei i GoodReader.

Detaljer

Denne handboka er basert på OpenOffice.org 3.3 Math Guide. Bidragsytarane til denne boka er:

Denne handboka er basert på OpenOffice.org 3.3 Math Guide. Bidragsytarane til denne boka er: Opphavsrett Opphavsretten til dette dokumentet, 20122015, tilhøyrerlibreoffice Documentation Team. Bidragsytarane er lista opp nedanfor. Du har lov til å distribuere det vidare og/eller gjere endringar

Detaljer

Presentasjonsmalar - Powerpoint. Kort rettleiing i bruk av malane

Presentasjonsmalar - Powerpoint. Kort rettleiing i bruk av malane Presentasjonsmalar - Powerpoint Kort rettleiing i bruk av malane Presentasjonsmalar - Powerpoint Kort rettleiing i bruk av malane Det er utarbeidd to malar til bruk ved presentasjonar: Hfk-ppmal-1.pot

Detaljer

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling

Detaljer

FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL. TUSSAFIBER KOPLING AV RUTER. FRITZ Box 7360/7390

FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL. TUSSAFIBER KOPLING AV RUTER. FRITZ Box 7360/7390 FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL. TUSSAFIBER KOPLING AV RUTER FRITZ Box 7360/7390 2 TUSSAFIBER MONTERINGSRETTLEIING FOR INTERNETT OG TELEFONI Denne rettleiinga skal hjelpe deg å kome raskt og enkelt i

Detaljer

Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt

Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt Legge til brukar Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt 2. Skriv inn Fornamn, Etternamn og Klasse. Dersom programmet

Detaljer

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF 1 INNHOLD OM RETTLEIAREN... 3 FUNKSJONANE PÅ «MIN SIDE»... 3 MINE SAKER...

Detaljer

Bytte til PowerPoint 2010

Bytte til PowerPoint 2010 I denne veiledningen Microsoft PowerPoint 2010 ser helt annerledes ut enn PowerPoint 2003, så vi har laget denne veiledningen for å gjøre det så enkelt som mulig for deg å lære forskjellene. Les videre

Detaljer

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer SSB. Partifinansiering 2014, lag med org.nr., 06.05.2015, s 1 Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer Pålogging i Altinn For å få tak i

Detaljer

Sør-Aurdal kommune Internt notat. Deres ref.: ArkivsakID: Vår ref.: Arkiv: Vår dato: 13/739 KLEING - 13/5564 A20, 064 19.06.2013

Sør-Aurdal kommune Internt notat. Deres ref.: ArkivsakID: Vår ref.: Arkiv: Vår dato: 13/739 KLEING - 13/5564 A20, 064 19.06.2013 Sør-Aurdal kommune Internt notat Deres ref.: ArkivsakID: Vår ref.: Arkiv: Vår dato: 13/739 KLEING - 13/5564 A20, 064 19.06.2013 INDIVIDUELL IKT-PLAN FOR GRUNNSKULANE I VALDRES ELEVENS NAMN: 1.TRINN EMNE:

Detaljer

Klare mål hyppig rettleiing

Klare mål hyppig rettleiing Klare mål hyppig rettleiing Tilbakemelding og framovermelding Mål del 1 Elevane kan omarbeida ein hypertekst slik at dei kan lesa og forstå. Elevane kan følgja ein instruksjon og laga plakat. Gjer Utført

Detaljer

EasyPublish Kravspesifikasjon. Versjon 1.0

EasyPublish Kravspesifikasjon. Versjon 1.0 EasyPublish Kravspesifikasjon Versjon 1.0 Endringshistorie Dato Versjon Kommentarar Person 12.04.2005 1.0 Første utkast Jesro Christoffer Cena Innhald 1 Innleiing...4 1.1 lsetjing... 4 1.2 Omfang... 4

Detaljer

Endringslogg. Fleire måtar å importere løparar på, direkte import frå Excel fil. Endring på seedingtrekning.

Endringslogg. Fleire måtar å importere løparar på, direkte import frå Excel fil. Endring på seedingtrekning. GlitreTid Innhald Endringslogg... 2 Meny... 3 Registrering av løparar... 4 Ny løpar... 4 Importer.gtp... 5 Importer.xls(x)... 6 Format på Excel fil... 6 Arkfaner:... 7 Løparnummer... 7 Klassar... 7 Distanse...

Detaljer

Bruk av reiserekning i Agresso

Bruk av reiserekning i Agresso Bruk av reiserekning i Agresso Generell saksgang: 1. Reiserekning på web skal fyllast ut av den tilsette. 2. Når reiseregning er ferdig utfylt, skal den tilsette skrive ut reisebilag og stifte kvitteringar

Detaljer

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune Ipad som politisk verktøy Surnadal kommune Bruk av Ipad Surnadal kommune har ei ordning med bruk av Ipad i samband med politiske møte Dette er ei frivillig ordning Det er fullt mogleg å bruke eige utstyr

Detaljer

Kapittel 13 Kom i gang med makroar

Kapittel 13 Kom i gang med makroar Kom i gang med LibreOffice Kapittel 13 Kom i gang med makroar Bruke makroopptakaren og litt til Opphavsrett Opphavsretten til dette dokumentet, 2010 2014, tilhøyrer utgjevarane som er lista opp nedanfor.

Detaljer

Lotteri- og stiftingstilsynet

Lotteri- og stiftingstilsynet www.isobar.no Isobar Norge Org.nr. 990 566 445mva Pilestredet 8 / N- 0180 Oslo. hello@isobar.no Lotteri- og stiftingstilsynet - Vurdering av publiseringsløysingar basert på open kjeldekode Utarbeida for:

Detaljer

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar Kva er vilbli.no? vilbli.no er søkjaranes hovudkjelde til informasjon om vidaregåande opplæring. På vilbli.no skal søkjarane til ei kvar tid finne oppdatert og kvalitetssikra

Detaljer

Vegvisar til vilbli.no

Vegvisar til vilbli.no Vegvisar til vilbli.no Kva er vilbli.no? vilbli.no er di hovudkjelde til informasjon om vidaregåande opplæring. På vilbli.no skal du til ei kvar tid finne oppdatert og kvalitetssikra informasjon. På grunnlag

Detaljer

Installasjonsrettleiing

Installasjonsrettleiing Installasjonsrettleiing Legg mappa «RomRes» på server. Mappa «RomRes» skal innehalda filene: RomRes.exe Timer_RomRes.exe RomRes.exe er reservasjonsprogrammet. Timer_RomRes.exe er eit program som vert køyrt

Detaljer

GlitreTid versjon 6.1, endringar

GlitreTid versjon 6.1, endringar GlitreTid versjon 6.1, endringar Innhold Registrering av løparar... 2 Ny løpar... 3 Importer.gtp... 4 Importer.xls(x)... 5 Format på Excel-fil... 5 Arkfaner:... 6 Løparnummer... 6 Klassar... 6 Distanse...

Detaljer

Å laga bildeserie med Windows Movie Maker Windows 2003 xp

Å laga bildeserie med Windows Movie Maker Windows 2003 xp Å laga bildeserie med Windows Movie Maker Windows 2003 xp 1. OVERFØRING AV BILDE FRÅ DIGITALT FOTOKAMERA / MINNEBRIKKE TIL WINDOWS MOVIE MAKER PÅ PC a. Bind saman fotokamera og pc via USB-kabel. Overfør

Detaljer

Informasjon og brukarrettleiing

Informasjon og brukarrettleiing Informasjon og brukarrettleiing Om kartløysinga Kartløysinga er tenarbasert. Alle operasjonar blir utførde av ein sentralt plassert tenar (server). Dette inneber at du som brukar berre treng å ha ein pc

Detaljer

Kom i gang med SKYLAGRING. Frå Serit Fjordane IT

Kom i gang med SKYLAGRING. Frå Serit Fjordane IT Kom i gang med SKYLAGRING Frå Serit Fjordane IT 1 Innhald 1. Innhald... 2 2. Kom i gang - sjekkliste... 3 3. Kontaktinformasjon... 5 4. Konto... 4 2 2 Kom i gang - sjekkliste Opprette brukarkonto Logg

Detaljer

2009 Thomas Haugland Rudfoss. PowerPoint 2007 En rask introduksjon

2009 Thomas Haugland Rudfoss. PowerPoint 2007 En rask introduksjon PowerPoint 007 En rask introduksjon Agenda PowerPoint vinduet PowerPoint vinduet Office Knappen Ny, åpne og lagre presentasjoner Skrive ut lysbilder, støtteark og notatark Egenskaper for presentasjonen

Detaljer

Kapittel 2 Setje opp LibreOffice

Kapittel 2 Setje opp LibreOffice Kome i gang Kapittel 2 Setje opp LibreOffice Vel innstillingar som passar deg LibreOffice versjon 4.0 Opphavsrett Opphavsretten til dette dokumentet ( 2010 2013) tilhøyrer bidragsytarane som er lista nedanfor.

Detaljer

Kom i gang med LibreOffice Innføring. Kapittel 8 Kom i gang med Base. Lag ein innebygd flat database

Kom i gang med LibreOffice Innføring. Kapittel 8 Kom i gang med Base. Lag ein innebygd flat database Kom i gang med LibreOffice Innføring Kapittel 8 Kom i gang med Base Lag ein innebygd flat database Opphavsrett Opphavsretten til dette dokumentet, 2011 2014, tilhøyrer utgjevarane som er lista opp nedanfor.

Detaljer

www.kristiansund.no/supportweb

www.kristiansund.no/supportweb Målsetting Dette kursheftet viser de grunnleggende nyhetene i Microsoft Office 2007. Det kan brukes som et grunnkurs, men er ment for deg som allerede har brukt Office fra før. Følgende blir gjennomgått:

Detaljer

Kapittel 4 Kome i gang med Writer

Kapittel 4 Kome i gang med Writer Vegvisar Kapittel 4 Kome i gang med Writer Tekstbehandling med LibreOffice Libreoffice versjon 4.0 Opphavsrett Opphavsretten til dette dokumentet ( 2010 2013) tilhøyrer bidragsytarane som er lista nedanfor.

Detaljer

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel Å aktivere ein leverandør krev i det minste tre steg, og aller helst fire: 1. Kontakt med leverandør, s. 1 2. Oppdatere informasjon i Visma, s. 2

Detaljer

Kapittel 2 Setje opp LibreOffice

Kapittel 2 Setje opp LibreOffice Kome i gang Kapittel 2 Setje opp LibreOffice Vel innstillingar som passar deg LibreOffice versjon 4.2 Opphavsrett Opphavsretten til dette dokumentet ( 2010 2013) tilhøyrer bidragsytarane som er lista nedanfor.

Detaljer

PGS - EKSAMEN BRUKARRETTLEIING FOR SKOLEN

PGS - EKSAMEN BRUKARRETTLEIING FOR SKOLEN PGS - EKSAMEN BRUKARRETTLEIING FOR SKOLEN Utdanningsdirektoratet oktober 2015 PGS - Eksamen Side 1 Brukarrettleiing for skolen 1 GENERELT... 3 1.1 IP-ADRESSER OG INFO OM NETTLESARAR VED EKSAMEN OG PRØVAR...

Detaljer

Kom i gang med EndNote

Kom i gang med EndNote Kom i gang med EndNote EndNote er eit program som vert brukt til å halde orden på litteraturreferansar og til å lage litteraturlister. Referansane kan skrivast inn manuelt eller importerast frå ulike databasar.

Detaljer

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv Kart i Google earth Bø 19. april 2012 Arne Hjeltnes, Bø Turlag Bøelva-Gvarvelva, Breisås, Bryggefjell, Folkestadåsane, Gygrestolen, Høyslass-Bruskor,

Detaljer

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar.

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar. Lærarrettleiing Kva er b.stem? b.stem er ein digital læringsressurs for skuleklasser. Han er lagd opp som eit rollespel der klassa får rolla som ungdomsrådet i Snasen ein fiktiv, mellomstor norsk kommune.

Detaljer

Nettbedrift nye funksjonar frå februar 2016

Nettbedrift nye funksjonar frå februar 2016 Nettbedrift nye funksjonar frå februar 2016 Innhald 1. Bakgrunn 2 2. Engelsk versjon 2 3. Registrerte utbetalingar filtrering på brukar 2 4. Forbetra filfunksjonalitet 2 4.1 Splitting/gruppering av filer

Detaljer

TUSSAFIBER KOPLING AV RUTERMODEM RETTLEIING FOR KABEL-TV

TUSSAFIBER KOPLING AV RUTERMODEM RETTLEIING FOR KABEL-TV KOPLING AV RUTERMODEM RETTLEIING FOR KABEL-TV MONTERINGSRETTLEIING FOR INTERNETT OG TELEFONI Denne rettleiinga skal hjelpe deg å kome raskt og enkelt i gang med internett og telefoni. Vi tilrår at du les

Detaljer

Presentasjon. Datakortets modul 6 avgrenser ferdigheter i praktisk bruk av presentasjonsverktøy. Stadig flere ser mulighetene som ligger i

Presentasjon. Datakortets modul 6 avgrenser ferdigheter i praktisk bruk av presentasjonsverktøy. Stadig flere ser mulighetene som ligger i 92 Datakortets modul 6 avgrenser ferdigheter i praktisk bruk av presentasjonsverktøy. Stadig flere ser mulighetene som ligger i Presentasjon presentasjonsverktøyet PowerPoint når det gjelder presentasjon

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Framlegg til kva ein bør kunne på kvart trinn. Høyringsutkast 2011

Framlegg til kva ein bør kunne på kvart trinn. Høyringsutkast 2011 Framlegg til kva ein bør kunne på kvart trinn. Høyringsutkast 2011 MÅLARK fr 1.trinn Namn: I dag har eg øvd på å: dat dat dat Dette greier eg åleine den: Lgge på maskina Bruke tastatur Skrive rd g setningar

Detaljer

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen. Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen. All på melding til individuelle renn skjer via «Min idrett»: https://minidrett.nif.no/ Når det gjeld stafettar, er det Trude som må melda på. Send då melding

Detaljer

Installasjonsrettleiing for antivirusprogram Avast!

Installasjonsrettleiing for antivirusprogram Avast! Installasjonsrettleiing for antivirusprogram Avast! Programmet Avast! Home Edition kan lastast ned via Enivest sine heimesider. Alternativt kan ein gå direkte til www.avast.com. Vel menyen Products og

Detaljer

Kopier heile katalogen Metxxxxx inn i Weatherlink-katalogen (eller i ein underkatalog).

Kopier heile katalogen Metxxxxx inn i Weatherlink-katalogen (eller i ein underkatalog). Instruks for bruk av met web-sider. Webansvarleg må skaffe ftp-adresse til web-server og få oppretta ein katalog der til verstasjonen. Han må også opprette ein underkatalog uke under verstasjonskatalogen.

Detaljer

Windows XP. Skrivebord

Windows XP. Skrivebord Windows XP En datamaskin må ha et operativsystem for å kunne virke. Det er operativsystemet som sørger for at de forskjellige enhetene, som enheter som sentralenhet, skjerm, tastatur, mus og skriver arbeider

Detaljer

Behandling av dokumenter i Microsoft Word. En rask innføring

Behandling av dokumenter i Microsoft Word. En rask innføring Behandling av dokumenter i Microsoft Word En rask innføring Forord Denne guiden er utformet av Orakeltjenesten ved Dragvoll som en enkel innføring i grunnleggende funksjoner i Word for å hjelpe studenter

Detaljer

Eksamen 01.06.2010. REA3015 Informasjonsteknologi 2. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 01.06.2010. REA3015 Informasjonsteknologi 2. Nynorsk/Bokmål Eksamen 01.06.2010 REA3015 Informasjonsteknologi 2 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel: Bruk av kjelder: 5 timar Alle hjelpemiddel er tillatne. Unnatak er Internett og

Detaljer

KRAVSPESIFIKASJON DIGITALT PLANREGISTER

KRAVSPESIFIKASJON DIGITALT PLANREGISTER RAVSPESIFIASJON DIGITALT PLANREGISTER ONURRANSEGRUNNLAG vam herad Ambodskonkurranse på levering av programvare for forvaltning av eit digitalt planregister til eining for private planar og byggjesak i

Detaljer

WordPress. Brukerveiledning. Kjære kunde. Innlogging:

WordPress. Brukerveiledning. Kjære kunde. Innlogging: Brukerveiledning WordPress Sist oppdatert: 26.02.2014 Kjære kunde Her er en liten guide for å hjelpe deg gjennom det grunnleggende i Wordpress. Denne veilederen vil ta deg gjennom: Innlogging - s.1 Kontrollpanel

Detaljer

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET AD Travel Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET Oppbygging av brukarmanualen Oppbygging av brukarmanualen... 3 Pålogging og forklaring til hovudbilete... 4 Første

Detaljer

Hurtigstartveiledning

Hurtigstartveiledning Hurtigstartveiledning Microsoft PowerPoint 2013 ser annerledes ut enn tidligere versjoner, så vi har laget denne veiledningen for å hjelpe deg med å redusere læringskurven. Finne det du trenger Klikk en

Detaljer

SMART Ink 3.0 BRUKERVEILEDNING FOR MAC OS X-OPERATIVSYSTEMET

SMART Ink 3.0 BRUKERVEILEDNING FOR MAC OS X-OPERATIVSYSTEMET SMART Ink 3.0 BRUKERVEILEDNING FOR MAC OS X-OPERATIVSYSTEMET Merknad om varemerker SMART Ink, SMART Meeting Pro, smarttech, SMART-logoen og alle SMART-slagord er varemerker eller registrerte varemerker

Detaljer

Grafisk løsning av ligninger i GeoGebra

Grafisk løsning av ligninger i GeoGebra Grafisk løsning av ligninger i GeoGebra Arbeidskrav 2 Læring med digitale medier 2013 Magne Svendsen, Universitetet i Nordland Innholdsfortegnelse INNLEDNING... 3 GRAFISK LØSNING AV LIGNINGER I GEOGEBRA...

Detaljer

Microsoft. fra Word 2003

Microsoft. fra Word 2003 I denne veiledningen Microsoft Microsoft Word 2010 ser helt annerledes ut enn Word 2003, så vi har laget denne veiledningen for å gjøre det så enkelt som mulig for deg å lære forskjellene. Les videre for

Detaljer

EasyPublish Detaljerte brukstilfeller. Versjon 1.0

EasyPublish Detaljerte brukstilfeller. Versjon 1.0 EasyPublish Detaljerte brukstilfeller Versjon 1.0 Endringshistorikk Dato Versjon Kommentar Person 12.04.2005 1.0 Første utkast Åshild, Arild og Christoffer Innhald 1 Innleiing...4 2 Skildring av brukstilfeller...5

Detaljer

3 52 Sinus 1P Y > Algebra Book Sinus 1P-Y-nyn.indb 52 2014-10-14 15:08:14

3 52 Sinus 1P Y > Algebra Book Sinus 1P-Y-nyn.indb 52 2014-10-14 15:08:14 5 Sinus 1P Y > Algebra Book Sinus 1P-Y-nyn.indb 5 014-10-14 15:08:14 Algebra MÅL for opplæringa er at eleven skal kunne forenkle fleirledda uttrykk og løyse likningar av første grad og enkle potenslikningar

Detaljer

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk Søk regionale miljøtilskudd elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne folderen er det ei skildring av korleis

Detaljer

Eksamen 23.05.2013. REA3015 Informasjonsteknologi 2. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 23.05.2013. REA3015 Informasjonsteknologi 2. Nynorsk/Bokmål Eksamen 23.05.2013 REA3015 Informasjonsteknologi 2 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid Hjelpemiddel Bruk av kjelder Vedlegg Elektronisk vedlegg Informasjon om oppgåva Informasjon om

Detaljer

Installasjon av SK Admin 6.11

Installasjon av SK Admin 6.11 Installasjon av SK Admin 6.11 1. Lag ei mappe på c-disken på server. 2. Kopier fila SK_Admin.exe til denne mappa. 3. Start programmet SK_Admin.exe Tre nye mapper blir oppretta i mappa som programmet SK_Admin.exe

Detaljer

Datakortet a.s 14.11.2006

Datakortet a.s 14.11.2006 Introduksjon Kunnskapsløftet har definert bruk av elektroniske hjelpemidler i de fleste fag i løpet av den 10 årige grunnskolen og i den videregående utdanningen. I tillegg er mer og mer informasjon tilgjengelig

Detaljer

Kartleggingsprøve i digitale ferdigheiter for 4. trinn

Kartleggingsprøve i digitale ferdigheiter for 4. trinn Kartleggingsprøve i digitale ferdigheiter for 4. trinn Rettleiing til lærarar Versjon ferbruar 2013 Nynorsk Innhald 1 Kartleggingsprøve i digitale ferdigheiter for 4. trinn... 3 Kva måler kartleggingsprøven

Detaljer

Rettleiar til Partiportalen for Fylkesparti

Rettleiar til Partiportalen for Fylkesparti Rettleiar til Partiportalen for Fylkesparti Versjon 1.4 1 Oppdatert mai 2014 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane INNHALD Innhald... 2 Innlogging første gong... 2 MinId... 2 Registrere ny brukar og søkje om

Detaljer

Vurderingsrettleiing 2011

Vurderingsrettleiing 2011 Vurderingsrettleiing 2011 ENG0012 Engelsk 10.trinn Til sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2011 Denne vurderingsrettleiinga gir informasjon

Detaljer

Fasit teorioppgaver. Kapittel 1: Bli kjent med Word. Oppstart. Maksimering. Hva skjer ved oppstart av Word?

Fasit teorioppgaver. Kapittel 1: Bli kjent med Word. Oppstart. Maksimering. Hva skjer ved oppstart av Word? OK Fasit teorioppgaver Kapittel 1: Bli kjent med Word Oppstart Hva skjer ved oppstart av Word? Det sist brukte dokumentet åpnes automatisk Et nytt tomt dokument åpnes Ingen dokumenter åpnes Maksimering

Detaljer

Eksamen i emnet INF100 Grunnkurs i programmering (Programmering I)

Eksamen i emnet INF100 Grunnkurs i programmering (Programmering I) Universitetet i Bergen Matematisk naturvitskapleg fakultet Institutt for informatikk Side 1 av 7 Nynorsk Eksamen i emnet INF100 Grunnkurs i programmering (Programmering I) Fredag 10. desember 2004 Tid:

Detaljer

KORLEIS LEGGJE INN EI SAK PÅ WWW.SKOGSVAAG.NO

KORLEIS LEGGJE INN EI SAK PÅ WWW.SKOGSVAAG.NO KORLEIS LEGGJE INN EI SAK PÅ WWW.SKOGSVAAG.NO NY BRUKAR AV WWW.SKOGSVAAG.NO Nettsida har hatt om lag 892000 treff sidan år 2000. Både unge og gamle er faste besøkjarar av nettsida. Alle medlemmer kan leggje

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Lingspeak 3 3.0.487.0. Lingit AS

Lingspeak 3 3.0.487.0. Lingit AS Lingspeak 3 3.0.487.0 Lingit AS Lingspeak 3 Innhold Hva er Lingspeak 3?...1 Installasjon...2 Starte Lingspeak...3 Avslutte Lingspeak...3 Lese opp tekst...4 Hovedvinduet...5 Lagre til lydfil...5 Opplesingsvinduet...6

Detaljer

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2 RETTLEIAR BYGGSØK Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2 Kvinnherad kommune Juni 2014 Utfylling av søknad Nettadresse: http://ebs-2010.dibk.no/ Eventuelt via www.dibk.no HUGS: Les hjelpeteksten til

Detaljer

Palestinakomiteens medlemssystem Solidus - dei viktigaste funksjonane

Palestinakomiteens medlemssystem Solidus - dei viktigaste funksjonane Palestinakomiteens medlemssystem Solidus - dei viktigaste funksjonane I dette dokumentet har vi tatt med dei viktigaste funksjonane til medlemssystemet Solidus. Ver likevel obs! på at du i innloggingsbiletet

Detaljer

Inspiration-Norge. Brukermanual Kidspiration. Se mer på www.inspiration-norge.no 2

Inspiration-Norge. Brukermanual Kidspiration. Se mer på www.inspiration-norge.no 2 NORSK VERSJON Innhold Innhold... 2 Kapittel 1: Aller først... 3 Installasjon og maskinkrav... 3 Oppgradering og kopiering av gamle filer... 3 Registrering av programmet... 3 Flere manualer...3 Kapittel

Detaljer

Eksamen 21.11.2013. REA3015 Informasjonsteknologi 2. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 21.11.2013. REA3015 Informasjonsteknologi 2. Nynorsk/Bokmål Eksamen 21.11.2013 REA3015 Informasjonsteknologi 2 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid Hjelpemiddel Bruk av kjelder Vedlegg Elektronisk vedlegg Informasjon om oppgåva Informasjon om

Detaljer

Bytte til OneNote 2010

Bytte til OneNote 2010 I denne veiledningen Microsoft OneNote 2010 ser helt annerledes ut enn OneNote 2007, så vi har laget denne veiledningen for å gjøre det så enkelt som mulig for deg å lære forskjellene. Les videre for å

Detaljer

Arbeidsrapport nr. 132.! - Hjelp?

Arbeidsrapport nr. 132.! - Hjelp? Arbeidsrapport nr. 132! - Hjelp? 2003 Prosjekt Fronterdokumentasjon - Ei handbok i bruk av Fronter Arbeidsrapport Nummer 132: Fronter 24! Hjelp? Versjon 1.0 Prosjekteigar Høgskulen i Volda Finansiering

Detaljer

Hvordan slette midlertidige filer i Java kontrollpanel

Hvordan slette midlertidige filer i Java kontrollpanel Hvordan slette midlertidige filer i Java kontrollpanel For Windows XP 1. Lukk Internet Explorer eller andre nettlesere 2. Klikk på Start Innstillinger Kontrollpanel: 3. Et nytt vindu vises, finn Java/Java

Detaljer