Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Ungdomspanelet
|
|
- Christina Rønningen
- 7 år siden
- Visninger:
Transkript
1 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: /2015 Kristin Glæstad Vonheim Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Ungdomspanelet Høyring NOU 2015:2 Å høre til Bakgrunn I 2013 vart utvalet om verkemiddel for eit godt skulemiljø oppnemnt. Utvalet skulle vurdere dei samla verkemidla for å skape eit godt psykososialt skulemiljø, motverke og handtere mobbing og andre uønskte hendingar i skulen. Dette er ei orienteringssak om høyringa og eit førebels høyringssvar frå fylkesrådmannen. Oppsummering av rapporten Utvalet har tatt utgangspunkt i fire overordna perspektiv for kva problemstillingar utvalet har vore opptekne av: 1. Menneskerettane FNs barnekonvensjon 2. Nullvisjon 3. Fagleg læring og sosial læring høyrer saman 4. Inkludering Gjennom arbeidet til utvalet har det kome fram at det er store ulikskapar både mellom skular og mellom klasser på korleis ein handterer mobbing. Gode skular tek elevane på alvor og har rutiner for å fange opp og følgje opp krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering når dei skjer Utfordringar for dagens skule Utfordring 1: Rettssikkerheit rettane til elevane blir ikkje oppfylte Det er behov for betre rettsvern for elevane gjennom eit tydelegare regelverk med effektive klage- og tilsynsordningar. Det er behov for at tilsyns- og klageinstansen kan pålegge administrative sanksjonar og reaksjonar dersom skuleeigar og skulen ikkje oppfyller lovpålagte krav. Årsak til at rettssikkerheita ikkje er god nok: Skuleeigarar, skular, foreldre og elevar ikkje har tilstrekkeleg kjennskap til eller forståing av regelverket Regelverkskompetansen er låg. Det er nødvendig å auke denne. Utfordring 2: Skulekultur som fokuserer for lite på nulltoleranse Kravet om nulltoleranse er ikkje innarbeidd som ein del av skulekulturen ved alle skular. Skuleleiinga har eit særskilt ansvar for å gå framfor som gode rollemodellar. Det er ei utfordring at det ved nokre skular ikkje vil innrømme eller sjå at elevar blir mobba.
2 Oppfatning av at mobbing er eit problem som ikkje kan løysast. Nødvendig å sette inn tiltak for ein god skulekultur som understrekar vaksne sitt ansvar og tydeleggjer nulltoleranse for krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering Utfordring 3: Involvering og samarbeid Elevar, foreldre og brukarorgan blir ikkje involvert godt nok i skulen sitt arbeid med det psykososiale skulemiljøet og førebygginga og handteringa av krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering. Elevar og foreldre skal involverast og informerast om oppfølging av resultata frå Elevundersøkinga. Det er ei utfordring at brukarorgan ved skular ikkje er etablert slik som dei skal etter loven. Foreldreinvolvering er viktig. Det er viktig å etablere gode relasjonar til foreldre Utfordring 4: Ansvarleggjering og systematikk Kapasiteten hos skuleeigarar og skuleleiarar til å arbeide systematisk og langsiktig med å utvikle skulemiljøet er mangelfull Systematikk Det må setjast søkelys mot å styrke det systemretta arbeidet og implementeringa av innsatsar som fungerer. Det er nødvendig med tiltak retta mot skuleleiing og klasseleiing. Det er nødvendig å auke kompetansen til skulane i korleis dei kan fremje eit trygt skulemiljø, førebygging og handtering av krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering, utvikling av skulen som organisasjon. Utfordring 5: Organisering ansvarsfordelinga i støttesystemet er for utydeleg. Det er behov for å gjennomgå det statlege og det kommunale støttesystemet, og da særskilt funksjonar som har oppgåver knytt til det psykososiale skulemiljø og psykisk helse til elevane, for eksempel skulehelsetenesta og PPT-tenesta. Målsetjingar og forslag til tiltak Utvalet ønskjer altså at det blir betre rettssikkerheit og rettsvern for elevane og ei meir effektiv handheving av opplæringslova Kap 9a, at skulekulturar er gjennomsyra av nulltoleranse, ei betre involvering og samarbeid med elevar og foreldre, ei tydelegare ansvarleggjering av skuleeigar og skulen og auka kapasitet/kompetanse til å arbeide langsiktig og systematisk med skulemiljø osv. Og dei ønskjer eit styrka støttesystem med tydeleg ansvars- og oppgåvefordeling. Utvalet foreslår om lag 100 tiltak, men dei viktigaste tiltaka er: Å legge til rette for ei stor statleg satsing på inkluderande skule som mellom anna inneheld skulebasert kompetanseutvikling. Alle skulane i landet skal få tilbod om dette. o Mål: Å gjere skulane tryggare på å handtere både regelverket og det førebyggjande arbeidet. Endring av kapittel 9a i opplæringslova. Pliktene til skuleeigar og skulane skal tydeleggjerast. Mål: Barnekonvensjonen skal implementerast i utdanningssektoren.
3 Styrka handheving av opplæringslova Utvalet foreslår at Barneombodet blir førsteinstans for klager på krenkingar. Dei tilrår at ombodet får myndigheit til å gjere vedtak om administrative sanksjonar og reaksjonar og kan krevje oppreisning på vegne av eleven for ikkje-økonomisk tap på grunn av krenkingar. Tilsynet skal også kunne pålegge eleven administrative sanksjonar og reaksjonar. Målretta innsats mot krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering Utvalet foreslår å auke innsatsen i arbeidet med den digitale mobbinga. Utvalet ser det også som viktig å involvere elevar og foreldre. Styrking av skuleeigarskapet Ei brei satsing saman med skuleeigaren er avgjerande for å betre skulekulturen. «Eit lag rundt eleven» Utvalet tilrår nye stillingar i skulehelsetenesta og endring av mandatet til PPtenesta. Det er behov for ny forsking på kunnskapssvake områder Styring og støtte frå skuleeigar I rapporten er det eit eige kapittel om styring og støtte frå skuleeigar. Her har utvalet foreslått følgjande tiltak: 1. Skuleeigar sitt ansvar for å bygge kapasitet i skulane sine må tydeleggjerast når det gjeld både regelverketterleving og det førebyggjande arbeidet 2. Tilstandsrapporten til kommunestyret og fylkestinget skal ha ein del som omhandlar det psykososiale miljøet til elevane, og der arbeidet til den enkelte skulen blir evaluert. I tillegg bør alle planane til skulane for arbeidet med det psykososiale skulemiljøet blir lagt fram for kommunestyret eller fylkestinget. 3. Utdanningsdirektoratet får i oppdrag å revidere og digitalisere rettleiaren om forsvarleg system etter opplæringslova Rettleiaren bør også gi eksempel på korleis systemet kan brukast i praksis. 4. Det bør settast i verk tiltak for å forbetre oppfølginga av Elevundersøkinga lokalt 5. Mandatet til PP-tenesta blir endra slik at arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling blir knytt til opplæringa og organisasjonsutvikling knytt til opplæringa og det psykososiale skulemiljøet til alle elevar. Det bør overførast ressursar frå Statped til skuleeigarar for å styrke PPtenesta. 6. Kunnskapsdepartementet blir bedt om å utgreie om det bør utarbeidast ei rettleiande norm for bemanninga i PP-tenesta 7. Utdanningsdirektoratet får i oppdrag å revidere forskrift til opplæringslova kapittel 22 slik at sosialpedagogisk rådgiving får ein meir førebyggjande funksjon 8. Staten bør fortsette å bidra med midlar til etter- og vidareutdanning til sosialpedagogisk rådgiving. Det bør settast inn ytterlegare tiltak for å auke kompetansen til sosialpedagogiske rådgjevarar, og departementet bør vurdere om ressursen til sosialpedagogisk rådgiving på skulane bør styrkast
4 9. Utdanningsdirektoratet bør i samarbeid med råd for helse- og oppvekstfag revidere læreplanen for barne- og ungdomsarbeidarutdanninga for å forbetre kompetansen til denne yrkesgruppa i psykososialt skulemiljø, krenkingar, mobbing og psykisk helse Vurdering Møre og Romsdal sine høyringsuttaler til rapporten Dette er eit mellombels høyringssvar. Det er mogleg også skulane skal få høve til å uttale seg i ei samla tilbakemelding om utvalet sine forslag. Møre og Romsdal HMS-arbeidet retta mot elevar Møre og Romsdal fylkeskommune gjennomfører årleg ei rapportering på HMS for elevar. Rapporteringa er ein del av den årlege HMS-rapporteringa for tilsette, og har i tillegg ein eigen del om læringsmiljøet for elevane. Her er det laga eit system som skal sikre involvering av elevar og sikre at skulane etterlever 9a i Opplæringslova. Det blir mellom anna spurt etter talet på møter i dei lovpålagte utvala, kva type saker ein har i desse, talet på enkeltvedtak både etter 9a-2 og 9a-3. I systemet finn skulane prosedyrar for mellom anna enkeltvedtak, klagebehandling, involvering av elevar og brukarorgan, lenkjer til aktuelle nettressursar om temaet osv. Fylkesutdanningssjefen lagar resultatmål for skulane om desse temaene, for eksempel systematisk arbeid med forskningsbasert kunnskap om læringsmiljøet (basert på prosjektet Betre læringsmiljø). Årleg går det ei orienteringssak til Utdanningsutvalet om funna i rapporteringa. Funn i Møre og Romsdal Fleire av dei funna som utvalet har kome med er også dokumentert gjennom rapporteringa på HMS for elevar. Det er svært stor variasjon mellom dei vidaregåande skulane i kor stor grad dei har møter i dei lovpålagte utvala. Fleire av skulane rapporterer om ingen møter i det heile tatt. Det er også stor variasjon i talet på enkeltvedtak, noko som kan vere eit teikn på usikkerheit/mangelfull forståing for lovverket i praksis ute på skulane. Det er for eksempel mogleg at det er usikkerheit knytt til forskjellane på funksjonane til Elevråd og Skulemiljøutval. Truleg er det mykje godt arbeid med læringsmiljøet på skulane, men det blir løyst munnleg og utan å dokumentere det. Dette er uheldig for elevane, som då mister retten til å klage på eit enkeltvedtak. Det kan også føre til usystematisk handtering frå skule til skule, og innan på same skule. Fylkesutdanningssjefen ser på dette som ein særs uheldig praksis og ønskjer å satse vidare på arbeidet med læringsmiljø og å skape gode rutiner. Statleg satsing på inkluderande skule Forslaget om ei nasjonal langvarig satsing på inkluderande skule er godt og bør implementerast på alle skular. Vi ser på dette som ei vidareføring av prosjektet Bedre læringsmiljø og at erfaringane frå dette prosjektet blir vidareført i denne satsinga. Utvalet bør sjå på om LP-modellen kan vere ein del av den nye satsinga. Det er viktig at ei slik satsing blir varig då det tek tid å endre kulturar ved skulane, og at det blir sett i samanheng med andre satsingar som for eksempel vurdering for læring. Det er behov for meir kunnskap om lovverk og rettar på dette området, og det bør implementerast nasjonale føringar for korleis arbeidet skal foregå. Det er viktig at det både blir satsa på førebyggjande arbeid for å hindre mobbing, men også for å profesjonalisere skulane når det oppstår akutte
5 situasjonar. Det vil alltid vere ein risiko for at det oppstår episodar som må handterast sjølv om ein arbeider etter ein nullvisjon. Slike retningslinjer bør vere så like som råd er nasjonalt slik at det er forutsigbart kva ein kan forvente seg, uavhengig av kva skule ein går på. Å kople fagleg læring og læringsmiljø er eit viktig skritt i retning av å profesjonalisere skulane i arbeidet med læringsmiljøet også. Å ha læringsmiljø med i konkrete måletjingar i viktige styringsdokument frå skuleeigar er med på å auke fokuset på arbeidet (oppdragsbrev, kvalitetsplanar og andre styringsdokument). Tidleg innsats er viktig også på dette området for å hindre episodar i å utvikle seg, og det er viktig å involvere foreldre/føresette så tidleg som mogleg. Informasjonsplikta til skulane bør understrekast ( 9a-6). Elev- og lærlingombodet gjer eit viktig arbeid for å lære opp elevtillitsvalte og har god kontakt ute i skulane med både elevar og skuleleiinga. Mobbing og haldningsskapande arbeid er alltid tema i elev- og lærlingombodet sine møte med elevråda.det bør vurderast å styrke denne ressursen, slik at ein kan arbeide meir førebyggjande. Dersom ein skal styrke ressursen bør det vurderast å dele stillinga slik at ein kan bidra til det viktige arbeidet både i forhold til elevar og lærlingar. Styrking laget rundt eleven er sentralt. Det er begrensa kva skulen kan ha av kompetanse på for eksempel helseproblematikk, men det bør vere eit godt samspel mellom skule og hjelpeapparatet. Også her er tidleg innsats viktig og då er det særskilt skulehelsetenesta som bør styrkast. Det er stor skilnad mellom skulane kor godt tilbodet til elevane har og dette bør styrkast monaleg for å gi elevane eit godt nok tilbod. Å endre mandatet til PPT og overføre ressursar frå Statped til skuleeigar Statped er i ei stor omorganisering, dette skal vere ei støtte for elevar med store hjelpebehov. Ei endring må ikkje gå ut over tilgjengelegheita til den særskilte kompetansen som Statped har og Statped må ikkje forsvinne som støtte for skulane. Å endre mandatet til PPT frå å gjelde dei særskilte tilfella til å arbeide med det generelle førebyggjande arbeidet er bra. Men dette vil krevje kompetanseheving og større bemanning. Og det vil krevje betre samhandling mellom dei ulike nivåa og etatane. Endring av opplæringslova kapittel 22 om rådgivingstenesta Ei endring av lova slik at sosialpedagogisk rådgiving må ikkje føre til at rådgivingstenesta får heile ansvaret for det førebyggjande arbeidet med læringsmiljøet. Det er viktig at det førebyggjande arbeidet med læringsmiljø er eit ansvar for alle tilsette ved skulane. Digital mobbing Forskinga viser at digital mobbing blant unge aukar i omfang. Å auke innsatsen mot digital mobbing er eit godt forslag. Her bør det arbeidast over tid og givast god opplæring til lærarar og føresatte. Her blir det viktig med godt foreldre-skulesamarbeid då mykje av denne mobbinga oppstår utanfor skuletid. Den gode eleven Kva som er forventa av elevane bør også tydeleggjerast i arbeidet med læringsmiljø. Prosjektet som elevane ved Kirkeparken i Moss gjennomførte er eit
6 godt eksempel på ei konkretisering av elevpliktene som er med på å skape gode læringsmiljø ved skulane («Slik er den gode eleven». ) Forslag til tiltak i Møre og Romsdal fylkeskommune Det er allereie igangsatt tiltak i Møre og Romsdal med HMS for elevar og den årlege rapporteringa. Møre og Romsdal er ein av dei få skuleeigarane i Noreg som har talet på enkeltvedtak etter 9a og på møter i dei lovpålagte utvala gjennom dette systemet. Men som denne rapporteringa viser er dette ikkje tilstrekkeleg. Læringsmiljø har vore tema på fleire leiarsamlingar, to skular har tidlegare arbeidd etter LP-modellen og ein skule deltok i det nasjonale prosjektet Betre læringsmiljø som vart avslutta i Arbeidet med å endre kulturar tek lang tid og må vere i fokus over ei lengre periode for å skape varige endringar. Det er viktig at dei erfaringane ein har frå både prosjektet med LP-modellen og Betre læringsmiljø blir tatt med vidare i det overordna arbeidet. HMS for elevar og læringsmiljø har også vore tema i fleire år med Elevrådsleiarsamlinga som Elev- og lærlingombodet har ansvaret for. Utfordringa med opplæringa av elevråda er at desse skiftar medlemmer etter relativt kort tid. Det er difor viktig at kunnskapen om opplæringslov og reglement er godt forankra og at det kontinuerleg blir gitt god rettleiing til elevane frå skulen si side. Då skulemiljøutvala vart oppretta gjennom ei endring i opplæringslova, hadde fylkeskommunen eigne samlingar for å gi opplæring til utvala. Behovet for å fortsette dette arbeidet, i samarbeid med elev- og lærlingombodet, bør vurderast på nytt. Forslag til vidare arbeid: Fylkesrådmannen ønskjer å oppretthalde fokuset på systematisk arbeid med læringsmiljø på samlingar, konferansar og liknande Læringsmiljø, lovverk og rutiner blir implementert i oppdragsbrev og eit fast tema på skulebesøk og liknande HMS for elevar er fast tema på Elev- og lærlingombodet si samling med elevrådsleiarar Læringsmiljø blir fast tema i dei faste møta med Elevorganisasjonen Skuleeigar skal, i samarbeid med elev- og lærlingombodet, arrangere samling med opplæring for skulemiljøutvala Forslag til vedtak: Utdanningsutvalet tek saka til orientering. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Sverre Hollen fylkesutdanningssjef
Høyring - NOU 2015:2 Å høre til - Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/6303-3 Saksbehandlar: Sunniva Schultze-Florey Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Opplærings- og helseutvalet 18.08.2015 Fylkesutvalet 27.08.2015 Høyring - NOU
DetaljerNytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )
Nytt kap 9A opplæringslova Prop 57 L (2016-2017) Nye reglar om skulemiljø Bakgrunn: Djupedalutvalget (NOU 2015:2) Høyring av nytt kapittel 9 A i april 2016 Proposisjon lagt fram for Stortinget 17. feb.
DetaljerProsedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø
Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring ( 9A-2). Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing,
DetaljerElev- og lærlingombod i HFK
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/22610-3 Saksbehandlar: Laila Christin Kleppe Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Y-nemnda 25.05.16 Utval for opplæring og helse 02.06.16 Fylkesutvalet 23.06.16
DetaljerSamla oversyn over utvalet sine framlegg til tiltak
Vedlegg 1 Samla oversyn over utvalet sine framlegg til tiltak Kapittel 12 Frå menneskerettar til praksis Barnekonvensjonen må implementerast betre i utdanningssektoren Det må utarbeidast ein nasjonal handlingsplan
DetaljerSaksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 12.01.2018 3307/2018 Rose Mari Skarset Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 08.02.2018 Psykisk helse - orientering Bakgrunn Orientering i forbindelse
DetaljerHøyringssvar - endringar i opplæringslova og friskulelova - nytt kapittel om elevane sitt skulemiljø
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2016/4303-2 Saksbehandlar: Mari-Kristine Morberg Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 07.09.2016 Høyringssvar - endringar i opplæringslova
DetaljerFjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/701-8031/2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: 13.04.2015 SAKSDOKUMENT
Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/701-8031/2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: 13.04.2015 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato Komité for drift Uttale til høyringa - NOU 2015:2 Å høyre til.
DetaljerFelles nasjonalt tilsyn Tema: Skulemiljø
Felles nasjonalt tilsyn 2018-2021 Tema: Skulemiljø Om tilsynet Tilsynet har 2 hovudtema: 1. Skulens aktivitetsplikt for å sikre at elevane har eit trygt og godt skulemiljø 2. Skulens plikt til å arbeide
Detaljerelevar og foreldre viss to ulike instansar skal behandle ulike delar av ei klagesak. Det blir viktig med informasjon mellom Barneombudet og
Utkast til høringsinnspill - NOU 2015:2 Å høre til Fylkesmannen i Møre og Romsdal er einig i at arbeidet med elevan sitt psykososiale miljø er svært viktig, og at dette må halde fram med uforminska styrke
DetaljerHar du forslag til saker vil det bli muleg å fremje forslag til nye saker ved møtestart.
Møteinnkalling Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Molde Dato: 15.06.2015 Tid: 12:00 Forfall skal meldast til utvalssekretær Ingeborg Forseth, tlf. 900 13 983, ingeborg.forseth@mrfylke.no, som kallar inn varamedlem.
DetaljerOpplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø
Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø Alle elevar har rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Det er elevane si eiga
DetaljerManifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.
2014 Manifest mot mobbing 2014-2018 Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing. Barnehage, skule og kultur i Bjerkreim kommune Rune Andersen
DetaljerSamlet saksfremstilling Arkivsak 1678/15 HØRING - NOU Å HØRE TIL - VIRKEMIDLER FOR ET TRYGT PSYKOSOSIALT SKOLEMILJØ
Samlet saksfremstilling Arkivsak 1678/15 HØRING - NOU 2015 2 Å HØRE TIL - VIRKEMIDLER FOR ET TRYGT PSYKOSOSIALT SKOLEMILJØ Saksansvarlig Egil Johannes Hauge Utvalg Møtedato Politisk saksnummer Komite for
DetaljerManifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur
Manifest for eit positivt oppvekstmiljø 2019-2023 Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for krenkande åtferd. Barnehage Skule - Kultur Kommunestyret
DetaljerNOU 2015:2 Å høre til Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø Djupedalsutvalget
NOU 2015:2 Å høre til Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø Djupedalsutvalget Driftskomiteen 13.mai 2015 Bjørg G Holmen Barne- og familietjenesten, PPT Barne- og familietjenesten, PPT 1 Utvalgets
DetaljerNy 9a- Eit trygt. og godt skulemiljø. Kvinnherad kommune - rutinar. Anne Sofie Bjelland Kjeka KVINNHERAD KOMMUNE
03.06.2017 Ny 9a- Eit trygt og godt skulemiljø Kvinnherad kommune - rutinar Anne Sofie Bjelland Kjeka KVINNHERAD KOMMUNE Innhald Forord... 1 Bakgrunn... 2 Kva er nytt... 2 Elevane sine rettar... 3 Skulane
DetaljerSTRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»
NASJONAL SATSING STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING» Innføring av valfag Auka fleksibilitet Varierte arbeidsmåtar Eit meir praktisk og relevant ungdomstrinn beherske grunnleggande
DetaljerKvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2015-2019
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 22.04.2015 27706/2015 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 30.04.2015 Yrkesopplæringsnemnda 28.05.2015 Fylkesutvalet 27.05.2015 Fylkestinget
DetaljerULLENSAKER Kommune HØRINGSINNSPILL - NOU 2015:2 Å HØRE TIL. VIRKEMIDLER FOR ET TRYGT PSYKOSOSIALT SKOLEMILJØ. Side 1 av 6
ULLENSAKER Kommune HØRINGSINNSPILL - NOU 2015:2 Å HØRE TIL. VIRKEMIDLER FOR ET TRYGT PSYKOSOSIALT SKOLEMILJØ Side 1 av 6 Høringsinnspillene er behandlet både i Hovedutvalg for skole og barnehage - 27.05.2015,
DetaljerHandlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.01.2016 3917/2016 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato UD 2/16 Utdanningsutvalet 04.02.2016 Fylkesrådmannens tilråding 17.02.2016 Fylkesutvalet
DetaljerHøringssvar fra Oppland fylkeskommune til NOU 2015:2 Å høre til - Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø
Videregående opplæring Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Vår ref.: 201502405-84 Lillehammer, 17. juni 2015 Deres ref.: 15/1647- Høringssvar fra Oppland fylkeskommune til NOU 2015:2 Å høre
DetaljerRETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.
RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. Formål Retningslinjene skal sikre at dei tilsette i skulen er kjende med aktivitetsplikta som vedkjem elevane sin rett til eit trygt og godt skulemiljø,
DetaljerRETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017
RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017 INNHALD Innleiing...1 Lovgrunnlag... 2 Opplæringslova... 2 Forvaltningslova... 2 Kommunehelsetenestelova... 2 Ordensreglement for grunnskulen i Lindås...
DetaljerUndersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.05.2015 35299/2015 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Ung i Møre og Romsdal - rapport Bakgrunn Som eit ledd i UNG-programmet
DetaljerHøring - Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø. Saksordfører: Siv Iren Hansen
ØVRE EIKER KOMMUNE Saksbeh.: Mette Marthinsen Saksmappe: 2015/2534-18359/2015 Arkiv: G32 Høring - Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø. Saksordfører: Siv Iren Hansen Utvalgssaksnr Utvalg Møtedato
DetaljerFagsamling for barnehage og skole
Fagsamling for barnehage og skole Quality hotel Alexandra, Molde, 30.- 31. oktober 2013 1 Fylkeskonferanse i Molde, Alexandra hotell - Bankettsalen, onsdag 30. oktober 2013 kl. 10.00 16.00 2 Fagsamling
DetaljerFylkesmannen i Finnmark viser til brev av 19.mars 2015 der NOU-2015 :2 «Å høre til» ble sendt ut på høring.
Fylkesmannen i Finnmark viser til brev av 19.mars 2015 der NOU-2015 :2 «Å høre til» ble sendt ut på høring. Her er Fylkesmannen i Finnmark sin uttalelse: Innledning Finnmark er et fylke bestående av 19
DetaljerHANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR
HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR Ogna skule 2018 2021 Innleiing Kapittel 9 A i opplæringslova skal bidra til at elevane har det trygt og godt på skulen, slik at elevane trivs og kan læra best
DetaljerEid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak
Eid kommune Arkiv: FE - 140 JournalpostID: 17/824 Saksbehandlar: Anne-Grete Eikås Vedtaksdato: 20.01.2017 Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato 006/17 Eid ungdomsråd 28.02.2017 006/17 Råd for menneske med
DetaljerKorleis statlege verkemiddel kan få god effekt for elevane sitt læringsutbytte? Statlege signal for 2015
Korleis statlege verkemiddel kan få god effekt for elevane sitt læringsutbytte? Statlege signal for 2015 Fagdagar i Molde 25.-26. nov 2014 Alv Walgermo utdanningsdirektør Kva verkar? Gjennom forskning/erfaring
DetaljerUtviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring
Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring 2014 2017 www.sfj.no 1. Innleiing. Hovudutval for opplæring vedtok i sak 38/09 Utviklingsplan pedagogisk-psykologisk teneste
DetaljerNytt kapittel 9 A. Elevane sitt skolemiljø
Nytt kapittel 9 A. Elevane sitt skolemiljø Fakta om ny lov: Alle elever har rett til trygt og godt skolemiljø som fremmer helse, trivsel og læring. Det er elevens egen opplevelse av hvordan de har det
DetaljerForslag til endringer i opplæringsloven
Forslag til endringer i opplæringsloven Kapittel 9A Elevenes skolemiljø Regionale møter i Møre og Romsdal 17., 18., 19. og 26. januar 2017 Kristin Øksenvåg, seniorrådgiver Fylkesmannen i Møre og Romsdal
DetaljerOrienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 22.01.2018 6570/2018 Rose Mari Skarset Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 08.02.2018 Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal Bakgrunn
DetaljerNYTT KAPITTEL 9A OM SKOLEMILJØ
NYTT KAPITTEL 9A OM SKOLEMILJØ Lars Wetteland og Hjalmar Arnø 05.10: Skatt Vest 04.10: Bryne vidaregåande skule 1 Prosessen Aktuelle tema i dag Retten til eit trygt og godt skolemiljø - 9A-2 Nulltoleranse
DetaljerSYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ
SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ Saman for læring og trivsel Radøy kommune INNHALD Plan for psykososialt arbeid for elevar og tilsette på 3 Samanheng med Radøy kommune sin overordna plan
DetaljerStyringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20
Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane Skuleåret 2019/20 Forord Fagfornyinga eit viktig lagarbeid Mål og strategi i det pedagogiske styringsdokumentet 2016-2018
DetaljerEvaluering prøveprosjekt med mobbeombod
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/16324-11 Saksbehandlar: Laila Christin Kleppe Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 09.05.2017 Fylkesutvalet 23.05.2017 Fylkestinget
DetaljerAlversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd
Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd Oktober 2015 LOVGRUNNLAG Opplæringslova 9a 3 andre ledd plikta til å undersøkje, varsle
DetaljerPlan for eit trygt og godt skulemiljø
Plan for eit trygt og godt skulemiljø Ved Sviland skule skal alle elevar og føresette føle seg velkomne og tatt vare på. Vi jobbar for å verkeleggjere målet frå opplæringslovens 9A - at den enkelte elev
DetaljerKvalitetskriterium i PP-tenesta
Kvalitetskriterium i PP-tenesta For å hjelpe kommunar og fylkeskommunar til å utvikle PP-tenesta har Utdanningsdirektoratet utforma fire kvalitetskriterium for PP-tenesta. Føremålet med kriteria er å medverke
DetaljerSaksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 24.04.2017 51768/2017 Anne Marte Ostad Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 08.05.2017 Entreprenørskapsløype fase III i 2017-2019 Bakgrunn
DetaljerSYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule
SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A Ostereidet barneskule 1 INNHALD Plan for psykososialt arbeid for elevar og tilsette på Ostereidet barneskule s.3 Samanheng med Lindås kommune sin
DetaljerOt/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring
Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring 2 Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring Førebygging på tre nivå OT/PPT sin førebyggjande
DetaljerSjumilssteget. Til det beste for barn og unge
Sjumilssteget Til det beste for barn og unge Embetsprosjekt 2012-2014 Sjumilssteget til beste for barn og unge - handlar om å setje i verk FNs barnekonvensjon i kommunane i Norge. Sjumilssteget hjelper
DetaljerHøyringsuttale endring i opplæringslova nytt kapittel om skulemiljø
Vår dato 01.08.2016 2015/6608/NIST/632.4 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref. Rådgivar Nicolai Støren, 71 25 85 68 20.04.2016 16/4099 Vår ref. Kunnskapsdepartementet U.off. jf. offl. 13,
Detaljer3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.
Retningslinjer for saker vedkomande opplæringslova 9a Rundskriv Udir-2-2010 Formål: Retningslinjene skal sikre god sakshandsaming i saker som vedkjem retten til eit godt fysisk og psykososialt miljø etter
DetaljerBarnekonvensjonen + Nytt kap. 9 A i opplæringslova = Samsvar i praksis? til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag
Barnekonvensjonen + Nytt kap. 9 A i opplæringslova = Samsvar i praksis? til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag «på kva måte kan vi med tverrfagleg samarbeid bidra til at barn og unge blir betre rusta
DetaljerÅ høyre til. Vondt er av alle andre Bli trakka på og trengd. Men vondare å veta At du er utestengd
Å høyre til Vondt er av alle andre Bli trakka på og trengd. Men vondare å veta At du er utestengd Det er så mangt i livet Du ventar deg og vil. Men meir enn det å vera, Er det å høyre til. Jan Magnus Bruheim
DetaljerSvar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste
Sakshandsamar: Bodhild Therese Cirotzki Vår dato Vår referanse Telefon: 03.05.2012 2012/732-610 E-post: fmsfboc@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032
DetaljerHøyring - NOU 2015:2 Å høre til. Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø
Vår dato Dykkar dato Vår referanse Vår sakshandsamar 18.06.2015 19.03.2015 15/00629-21 Einar Ove Standal Avdeling Dykkar referanse Arkivkode Direkte telefon Seksjon for utdanning og 15/1647 62 24142220
DetaljerSør- Varanger kommune skal delta på 3 samlinger med temaene: mobbing, klasseledelse og organisasjonsutvikling.
Bedre læringsmiljø Læringsmiljøprosjektet videreføres i 2015 med pulje 2. Sør- Varanger kommune skal delta på 3 samlinger med temaene: mobbing, klasseledelse og organisasjonsutvikling. Læringsmiljøsenteret
DetaljerHANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE
HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Definisjon: Ein person er mobba eller plaga når han eller ho, gjentekne gonger over tid, vert utsett for negative handlingar
DetaljerRettleiing i forkant av FNT
Rettleiing i forkant av FNT 2014-2017 Utbytte av opplæringa forvaltningskompetanse skulebasert vurdering 2014 2015 2016 2017 Fylkesmannen i Møre og Romsdal Felles nasjonalt tilsyn 2014-2017 Inneber ei
DetaljerProsjekt Betre Læringsresultat (BLR)
Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR) Del av Kvalitetsplanen for Oppvekst og kultur Fokus på læringsresultat 5 til 7-årsperspektiv fram til 2020. Samla bilete av tiltak i barnehage og skule som bidreg til
DetaljerPPT no og i framtida.
PPT no og i framtida http://liuandco.uk/news/diversity-within-architecture Har du møtt ei PP-teneste har du møtt ei PP-teneste FINN PPT! Oppgåvene til PPT Opplæringslova 5.6 - Tenesta skal hjelpe skulen
DetaljerPlan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule
Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Rubbestadneset skule 1.0 Plan for å sikre elevane eit godt og trygt miljø Opplæringslova kap. 9A handlar om elevane sitt skulemiljø.
DetaljerKunngjort 9. juni 2017 kl PDF-versjon 9. juni Lov om endringer i opplæringslova og friskolelova (skolemiljø)
NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53. Kunngjort 9. juni 2017 kl. 14.15 PDF-versjon 9. juni 2017 09.06.2017 nr. 38 Lov om endringer i opplæringslova
DetaljerHANDLINGSPLAN MOT MOBBING
HANDLINGSPLAN MOT MOBBING INDRE BARNE- OG UNGDOMSSKULE 1 FORORD Alle barn har rett til skulegang, og dei har rett til å eit godt og trygt skulemiljø, fritt for mobbing og krenkjande handlingar. Frå våren
DetaljerHANDLINGSPLAN FOR arbeid med skulemiljø ved Stord vidaregåande skule
HANDLINGSPLAN FOR arbeid med skulemiljø ved Stord vidaregåande skule INNLEIING Alle elevar ved Stord vidaregåande skule skal oppleve eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Arbeidet
Detaljertil beste for folk, samfunn og livsgrunnlag
Bakgrunn for meldinga - KD Nesten alle barn går i barnehage Summen små barn i barnehage har auka betrakteleg seinare åra Trygge barnehagar med høg kvalitet For stor skilnad i kvaliteten på det allmennpedagogiske
DetaljerPlan for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo
Plan for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo 9a 09.02.16 1. Formål Opplæringslova Kapittel 9a tar for seg elevane sitt skulemiljø. 9a-1 Alle elevar i grunnskolar og
DetaljerVERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201102938-1 Arkivnr. 520 Saksh. Wanvik, Torill Iversen Saksgang Y- nemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 29.03.2011 05.04.2011-06.04.2011
DetaljerUTVIKLINGSPLAN Bø skule
UTVIKLINGSPLAN 2018-2019 Bø skule 1.0 Mål... 3 1.1 Lesing... 3 1.2 Inkluderande og trygt skulemiljø... 3 2.0 Nå-situasjonen ved Bø skule... 3 2.1 Nå-situasjonen knyta til lesing... 3 2.2 Nå-situasjonen
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Skulen sitt arbeid med elevane sitt psykososiale skulemiljø og kommunens system for vurdering og oppfølging på det same området Fyresdal kommune Gimle skule 09.01-11.03.2015 1 Innhald
DetaljerInkluderande barnehage og skulemiljø Plan for arbeidet med inkluderande barnehage og skulemiljø i Sogn
Inkluderande barnehage og skulemiljø 2018-2020 Plan for arbeidet med inkluderande barnehage og skulemiljø i Sogn 1 Innhald 1 Bakgrunn og rammer. 3 2 Samarbeidspartar og organisering....4 3 Forankring..
DetaljerL nr. 61 Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).
L17.07.1998 nr. 61 Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Innholdsfortegnelse Kapittel 9a. Elevane sitt skolemiljø (206)...2 9A-1. Verkeområde for kapitlet...2 9A-2. Retten
Detaljerpå vegne av barn og unge
HAUGALANDSLØFTET på vegne av barn og unge HAUGALANDSLØFTET SKAL FØRE TIL AT BARN OG UNGE FÅR UTNYTTA RESSURSANE SINE OG BLI GODT INKLUDERT I DET ORDINÆRE OPPLEGGET I BARNEHAGE OG SKULE 4 hovudområde for
DetaljerRETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.
RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. For utfyllande informasjon sjå Rundskriv Udir-2-2010 og Udir: Elevenes skolemiljø Formål: Retningslinjene skal sikre at dei tilsette i skulen
DetaljerMitt SULA. «EIN GOD OPPVEKST VARER HEILE LIVET» Erfaringssamling 8.mars Anne-Grethe Skjærseth Kommunalsjef kultur og oppvekst
Mitt SULA «EIN GOD OPPVEKST VARER HEILE LIVET» Erfaringssamling 8.mars 2013 Anne-Grethe Skjærseth Kommunalsjef kultur og oppvekst .VISJONEN I SULA KOMMUNE KORLEIS FÅR SULA SÅ GOD KVALITET PÅ DET ORDINÆRE
DetaljerMobbeombod og elev- og lærlingombod - framtidig organisering
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/16312-1 Saksbehandlar: Linda Farestveit Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 31.10.2017 Utval for opplæring og helse 07.11.2017 Fylkesutvalet
Detaljertil beste for folk, samfunn og livsgrunnlag
Bakgrunn for meldinga - KD Nesten alle barn går i barnehage Summen små barn i barnehage har auka betrakteleg seinare åra Trygge barnehagar med høg kvalitet For stor skilnad i kvaliteten på det allmennpedagogiske
DetaljerUtviklingsplan Skule: Vigrestad storskule
Utviklingsplan 2018-2019 Skule: Vigrestad storskule Mål 1: Elevane skal oppleve ein meir praktisk skule der elevane får erfaring med og utvikle sine praktiske talent. a. Elevane skal få bruke sine praktiske
DetaljerEndringer i Opplæringsloven 9A Trygt og godt skolemiljø
Endringer i Opplæringsloven 9A Trygt og godt skolemiljø 28. November 2017 Tone Tveit Rosenlund Veileder læringsmiljø og klasseledelse Nye regler om skolemiljø Bakgrunn: Djupedalutvalget (NOU 2015:2) Høring
DetaljerDette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.
28.5.2018 Til Dei vidaregåande skolane Handlingsplan for skolebiblioteka - høyringsutkast Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal
DetaljerFylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Rammeplan for barnehagen Utdannings og oppvekstmøte 31. mai 1. juni 2017 Rammeplanen som styringsdokument Rammeplan for barnehagens
DetaljerInternkontroll vedkomande elevane sitt skulemiljø kap 9a i opplæringslova
skulemiljø kap 9a i opplæringslova Mål med internkontrollen Skuleeigar o Sikra eit forsvarleg system for vurdering av om krava i opplæringslova og forskriftene til lova vert oppfylte Opl Skulane o Sikra
DetaljerRettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne
Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring
DetaljerProgram: Fredag 27. januar Kl Møtestart Kl Overrekking av prisen for Årets Ungdomskommune til Smøla ungdomsråd/smøla kommune
Møteinnkalling Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Smøla, Hopen Brygge Dato: 27.01 29.01.2017 Tid: 18:00 Forfall skal meldast til utvalssekretær Ingeborg Forseth, 71 25 87 21/900 13 983 eller ingeborg.forseth@mrfylke.no.
DetaljerStyringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.
Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane. 2013-2015 Innleiing Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane i Hordaland
DetaljerBARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015
BARNEOMBODET Kunnskapsdepartementet E-post: postmottak@kd.dep.no Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/00875-2 Morten Hendis 11. oktober 2015 Svar på høyring av NOU 2015: 8 «Fremtidens skole - fornyelse
Detaljer- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling
Møteinnkalling Utval: Yrkesopplæringsnemnda/Utdanningsutvalet Møtestad: 101 Fylkeshuset i Molde Dato: 23.10.2014 Tid: 10:30 Forfall skal meldast til utvalssekretær Ann Torill Vaksvik tlf 71 25 88 56 eller
DetaljerOppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator
Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal Saksframlegg Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator Saksnr Utvalsnamn Møtedato 2017/13 Overordna samhandlingsutval
DetaljerOpplæringslova nytt kapittel 9A
Foto: Eskild Haugum 23.10.2017 Fylkesmannen i Sør-Trøndelag Opplæringslova nytt kapittel 9A Samling for skolene på Fosen, PPT og skoleeiere i kommunen 15. august 2017 Linda M Svanholm og Gitte Franck Sehm
DetaljerHovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:
Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane 2012-2013 Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider: 5 Styringsdokument Opplæringsdirektøren Skoleåret 2012-13
DetaljerPLAN FOR KVALITETSUTVIKLING
PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING ETAT FOR SKULE OG BARNEHAGE 2013-2015 Innhald 1. Bakgrunn 2. Visjon 3. Verdiar 4. Hovudfokus 5. Forbetringsområda 6. Satsingsområda Klepp kommune Vedteken av Hovudutvalet for
DetaljerK-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:
Stab FYLKESMANNEN I MØRE OG ROMSDAL Postboks 2520 6404 MOLDE Saksnr Arkiv Dykkar ref Avd /sakshandsamar Dato 2017/549 B00 DOK 16.05.2017 K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2016. Vedlagt følgjer
DetaljerTilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/1090-106 Saksbehandlar: Tor Ivar Sagen Sandvik, Stig Aasland Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 30.11.2015 Opplærings- og helseutvalet 03.12.2015
DetaljerTILSYNSRAPPORT. Fylkeskommunen sitt system for å vurdere og følgje opp lovkrav. Hordaland fylkeskommune
TILSYNSRAPPORT Fylkeskommunen sitt system for å vurdere og følgje opp lovkrav Hordaland fylkeskommune 1 Innholdsfortegnelse 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med Hordaland fylkeskommune... 3 2.1 Fylkesmannen
DetaljerPLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ
1 PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ 2018-2020 BAKGRUNN: 1. UTVIKLINGSOMRÅDE OG INNHALD: Stord kommune deltek saman med FOS-kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad og Sveio i den nasjonale
DetaljerTRYGT OG GODT SKOLEMILJØ! Frå Fylkesmannen: seniorrådgivar Hjalmar Arnø
TRYGT OG GODT SKOLEMILJØ! Frå Fylkesmannen: seniorrådgivar Hjalmar Arnø 07.12.17 1 «Ytterjakken min blei kasta i toalettet» 2 «Ytterjakken min blei kasta i toalettet» «Dei andre elevane ser meg ikkje.
DetaljerMOBBEOMBODET I MØRE OG ROMSDAL
Alle barn og unge har rett til å ha det trygt og godt i barnehagen og på skolen MOBBEOMBODET I MØRE OG ROMSDAL Kva kan mobbeombodet bidra med ut mot barn, unge, føresette, tilsette og andre i kommunane?
DetaljerInvitasjon til deltaking i nasjonal ordning med fylkesvise mobbeombod
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 13.03.2018 38069/2018 Robert Løvik Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 22.03.2018 Fylkesrådmannens tilråding 23.03.2018 Fylkesutvalet 09.04.2018 Invitasjon
DetaljerSaksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym
DetaljerHEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.
Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule. Opplæringslova 9a-3 første ledd, seier følgjande: Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte
DetaljerBarnerettane i SKULEN
Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i SKULEN Aktivitetsark med oppgåveidéar og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel
DetaljerLevanger kommune Barn og familie
Levanger kommune Barn og familie NOTAT Kunnskapsdepartementet Deres ref: Vår ref: BGH 2015/1746 Dato: 31.05.2015 Høringsuttalelse fra Levanger kommune til NOU 2015-2 "Å høre til - Virkemidler for et trygt
DetaljerPlan for oppfølging av elevenes skolemiljø.
Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø. «Voksne som jobber i skolen har et særskilt ansvar for å sørge for at elever har et trygt skolemiljø» Fra innst.302 L(2016-2017) Målet med planen er å ivareta
DetaljerSaksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 30.10.2017 131735/2017 Laila H. T. Nielsen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 13.11.2017 Fylkesrådmannens tilråding 14.11.2017 Fylkesutvalet 21.11.2017
Detaljer