Vestlandsturen For avgangsstudentane ved vasskraftlaboratoriet 2013/2014

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Vestlandsturen 2013. For avgangsstudentane ved vasskraftlaboratoriet 2013/2014"

Transkript

1 Vestlandsturen 2013 For avgangsstudentane ved vasskraftlaboratoriet 2013/2014 Norwegian University of Science and Technology Department of Energy and Process Engineering

2 Samandrag I denne rapporten blir det greidd ut om den tradisjonsrike Vestlandsturen for avgangsstudentane 2014 ved Vasskraftlaboratoriet ved NTNU Gløshaugen. Me var 11 deltakande på turen, 10 studentar og ei ansett som vit.ass. ved Vasskraftlaboratoriet. Desse var: Magni Fjørtoft Svarstad (Vit.Ass) Rakel Ellingsen Gjert Aaberge Dahl Kristin Gjevik Henning Mathisen Ruben Montz Hans Børge Petersen Kristoer Rundhaug Kjetil Guddal Ruud Ida Bordi Stene Kristoer Vegdal Tabutiaux Bedriftene me besøkte var Rainpower Eureka Andritz Hydro Statkraft Energi Teknikk Hydro Energi Me besøkte Statkraft to gonger i løpet av turen. I tillegg besøkte me Norsk Vasskraft- og Industrimuseum i Tyssedal. i

3 Innhold 1 Innleiing 1 2 Rainpower, Sørumsand 2 3 Eureka, Sørumsand 4 4 Andritz Hydro, Jevnaker 5 5 Statkraft, Eidfjord 7 6 Energi Teknikk AS, Dimmelsvik 9 7 Norsk Vasskraft- og Industrimuseum, Tyssedal 11 8 Hydro Energi, Nesaten 13 9 Statkraft, Dalen Avslutning 15 i

4 1 Innleiing Måndag morgon, så tidleg at ein møter dei siste bartenderane på veg heim frå fest, møtte dei ferske masterstudentane opp i spreitt okk på veg til Trondheim lufthamn Værnes. Turen starta med første y kl. 06:10 i kjent tradisjon. Det var ein noko trøytt gjeng som møttest ved leigebilforhandlaren på Gardermoen, nokon trøyttare enn andre då eire i gruppa valde å reise til Oslo kvelden før. Hjå leigebilforhandlaren henta me ut to bilar, som etter avtale skulle vere rommelege sjusetarar med stor bagasjekapasitet. Men den gong ei: Etter noko knot med bagasjeplass gjekk turen vidare til første bedrift for dagen, Rainpower: 1

5 2 Rainpower, Sørumsand Rainpower har hovudverksemd innan vasskraft og leverer blant anna turbinar, ventilar, luker, rør, regulator og magnetiseringsutstyr til bransjen. I tillegg er Rainpower store på service og revisjon av dei este mekaniske komponentar i vassvegen. Hovudkontoret ligg på Kjeller, medan verkstaden til Rainpower, som me besøker, ligg på Sørumsand. I tillegg til Sverige og Noreg har Rainpower kontor i Kina, Peru, Canada, Sveits og Tyrkia. Me vart møtt i resepsjonen av ein smilande engelskmann med namn Christopher Neal. Me vart vist inn på eitt konferanserom der det var rikeleg med ka, noko som dei este vart takksame for. Her fekk me ei kortfatta og uformell presentasjon av Rainpower som bedrift, arbeidsplass og deira noverande situasjon i marknaden. Etter ei noko tung periode skal Rainpower visstnok no vere på rett veg, noko me sjølvsagt ser på med stor glede. Me fekk óg høyre litt om kva oppgåver som vert gjort i verkstaden, blant anna revisjon av gamle løpehjul og montering av nye løpehjul. Etter presentasjonen fekk me ei omvising på den no noko reduserte verkstadhallen. Som følgje av nedgangen i selskapet har Rainpower redusert verkstadarealet, men det er framleis imponerande. Her fekk me eit godt innblikk i storleiksordenen i industrien, og me fekk sjå eit av dei store problema til Rainpower, den etter kvart kjende Svartisen-turbinen. 2

6 Etter omvisinga var vårt opphald hjå Rainpower over, me takka for oss og hadde elles lite å utsetje på opphaldet. Deretter gjekk turen over parkeringsplassen og inn i ei nye lokala til Eureka. 3

7 3 Eureka, Sørumsand Eureka Pumps As er eit selskap med 30 års erfaring innan pumpeindustrien og leverer innan alle pumpeapplikasjonar i olje- og gassindustrien med hovudfokus på brannvasspumper og vassinjeksjonspumper. Eureka stiller òg med kompetanse ved val av rett system for den gitte situasjon, og stiller med avansert vedlikehald med tilgang på originale reservedelar. Gitt at store deler av gruppa var i gang kl. 03:30 så er det kanskje ikkje så overraskande at det er ein litt trøytt gjeng som møtte opp på møterommet hjå Eureka rundt kl. 11:00. Her blei me møtt av eit massivt måltid i form av påsmurte rundstykke og skulebrød, pluss store mengder ka, servert i regi av Eureka og Rainpower. Ein kan trygt sei at dette lyfta stemninga med eit par hakk, og den første tida gjekk med på å auka blodsukkeret. Etter at måltidet i stor grad var fortært, fekk me ein kort presentasjon om Eureka av Lars Fjærvold, tidlegare masterstudent frå Vasskraftlaboratoriet. Her fekk me ein litt annan historie, ein historie om pågang og utviding. Etter presentasjonen fekk me ei omvising i fabrikklokala hjå Eureka. Desse lokala var nyinnreidde og produksjonsområdet var nærast strøkent. Som anekdote fortalte Lars om arbeidsforhold på kontinentet og kor sjokkerte kundane til Eureka var når dei såg norske produksjonshallar. Ein er rett og slett ikkje vand med så reine og gode arbeidsmiljø som ein har i Noreg, og då me såg denne hallen kan ein skjøne at kundane var overraska. Etter omvisinga var det å sette seg i bilane att, før me ein kort køyretur seinare var å nne på Jevnaker og Andritz Hydro 4

8 4 Andritz Hydro, Jevnaker Vel framme på Jevnaker vart me raskt vist inn på eit konferanserom, der me fekk servert eit kraftig måltid i form av Peppes pizza og assorterte drikkevarer. Etter dette var det ingen misnøye grunna matmangel, det gjekk heller andre vegen. Gitt at dei este hadde ete sin del og vel så det på førre besøk, så gjekk det ikkje mange pizzastykker før det sa stopp. Dette førte sjølvsagt til godmodig mobbing frå vertane som meinte studentar ikkje var som dei ein gang var, sidan dei sa nei takk til gratis mat. Under måltidet heldt våre tre vertar med Håkon Nordhagen i spissen eit foredrag om Andritz Hydro og deira rolle i industrien i Noreg. Me fekk ein del god informasjon om produksjon og forskiningsområda til Andritz. Foredraget var dessverre prega av noko dårleg planlegging, og vart noko langdrygt og uryddig. Dette er noko me meiner ein bør sjå på til neste gang, og gler oss til å registrere framgangen. Etter maten og presentasjonen bar det ut i maskinverkstaden for å sjå på fasilitetane. Dessverre for oss var me der i seinaste laget, og operatørane i lokala var reist heim for dagen. Me fekk derfor ikkje sjå noko tilverking. Det me derimot fekk var moglegheita til å studere maskinene på nært hald, noko me ikkje kunne gjort dersom maskinene var i drift. Dette var på mange måtar like givande for oss, ettersom me har sett dei este av maskinene i arbeid ved tidlegare anledningar. 5

9 Etter omvisinga var det berre å takke for seg, for so å sette seg i bilen og starte på den lange bilturen til det frodige Hardanger og Eidfjord. Bilturen var i byrjinga ganske seigt- ytande, men det heile kom seg då ideen om halvimprovisert quiz vart lansert. Me kom fram til Eidfjord rundt kl. 22:00, i utgangspunktet etter stenging av middagsservering på hotellet. Der blei me derimot møtt av den positive overraskinga at serveringa var halden open lengre slik at me skulle rekke å få i oss noko mat før sengetid. Eit teikn på god service, og all honnør til kokken/kokkane ved Eidfjord fjell og fjordhotell. 6

10 5 Statkraft, Eidfjord Etter ei god natts søvn og ein kraftig frukost bar turen til Sima kraftverk langt inne i Eidfjorden. Turen gjekk langs krokete vestlandsveger, og studentar austfrå fekk verkeleg oppleve mangelen på samferdselsmidlar vestpå. Vel framme ved kraftverket blei me møtt av Øyvind Salbu som skulle vise oss rundt på kraftverket. Først bar det inn i ein kinosal der me fekk ei innføring i Statkraft si rolle innan fornybar energi verden over, og at Statkraft er leiande i Europa innan fornybar energi. Statkraft er i dag Noregs største og Nordens tredje største kraftprodusent med sine 60 TWh produsert energi per år. Av dette er 91% fornybart. Gjennom selskapet SN Power er Statkraft aktiv i utbygginga av vasskraft i utlandet, og er aktive i 20 land. Etter lmen bevega me oss inn i kraftverket, som er det nest største vasskraftverket i landet med sine 1120 MW installert eekt og energiproduksjon på 2,8 TWh. Sima kraftverk er todelt, Lang-Sima og Sy-Sima, og begge ender i Sima kraftstasjon. Grunna krav om minstevassføring skal det alltid gå 12 m 3 /s vatn i Vøringfossen. Om sommaren blir dette vatnet tappa frå Sysendammen, og er dermed tapt eekt. Ein skjøner at fossen er viktig og må oppretthaldast, men ein kan ikkje heilt fri seg for tanken om at 12 m 3 /s er mykje vatn og slik tapt inntekt. Turen til Vestlandet er synkronisert med vedlikehaldet av kuleventilar i Sima kraftverk, og slik fekk me i år òg moglegheit til å komme inn i løpehjulskammeret til den eine turbinen. Me fekk då studere Pelton-løpehjulet i si installerte prakt. Dette var for mange ei mektig og svært lærerik oppleving. 7

11 Då me kom ut frå kraftverket vart det servert lunsj, og alle deltakarane fekk stilla svolten. Etter lunsjen var planen både å køyre opp til Sysendammen, ein fyllingsdam på heile 1,16 km lengde og slik ein av Noregs største, og køyre over Hardangerbrua. Det viste seg dessverre at me hadde bomma på programmet og var ein heil time forsinka i forhold til skjema. Me måtte då berre takke for eit kjekt besøk hjå Sima kraftverk, kaste oss i bilane og køyre det fartsgrensene tillèt til Dimmelsvik og Energi Teknikk AS. 8

12 6 Energi Teknikk AS, Dimmelsvik Vel framme hjå Energiteknikk i Dimmelsvik blei me møtt av Arild Klette Steinsvik, som vise oss inn i eit møterom. Her møtte me på nok ei utsetjing av programmet, denne gangen i form av ka fordeling. Det viste seg nemleg at Energi Teknikk stilte med ka frå ka maskin, og denne hadde berre kapasitet på to koppar per omgang. Med 11 ka tørste personar tek dette litt tid. Då alle hadde fått sin dose med ko ein, starta foredraget. Me fekk litt innblikk i rolla til Energi Teknikk, mellom anna at dei er den einaste turbinleverandøren på Vestlandet, og slik omtrent einerådande i sin storleiksorden. Energi Teknikk AS er ein totalleverandør av utstyr og tenester for utbygning av småkraftverk opp til 5 MW. Dei tilbyr eigenproduserte turbinar, tavler og kontrollsystem og har ei eiga avdeling for service og vedlikehald med 24 timars vakttelefonordning. Etter foredraget bar det ut i bilane for å sjå på utbygde småkraftverk i området. Her fekk me innblikk i kor lite som faktisk skal til for å kunne byggje ut eit småkraftverk, og kor innbringande eit slikt system er. Ut frå kva Arild sa om investeringa er det eigentleg ganske rart at ikkje eire investerer i utbygginga. Ut frå stemninga i rommet verka det som at mange i gruppa kjem til å undersøke moglegheitene for ei slik utbygging etter utdanninga. Utbyggingane var sjølvsagt ikkje heilt utan problem og dramatikk. Ved eine utbygginga ved bruk av frilufts røyrgate mista ein taket på røyrgata, og denne fall i stor fart mot og over hovudvegen. Dette skjedde i tidsrommet då skulebussen normalt køyrer forbi, og det var berre aks at bussen var på ein annan plass i ruta akkurat då. Dette var ei skremmande historie, men det er viktig å påpeike at slike hendingar høyrer til sjeldanheitene. 9

13 Etter omvisinga på dei to kraftverka me var innom, bar det tilbake til Energi Teknikk sitt hovudkvarter og lunsj. Maten blei fortært i Energi Teknikk si koselege kantine, og vart servert og rydda etter ved dugnadsarbeid, noko som Arild kommenterte var meget eektivt. Etter maten takka me for oss, og køyrde vidare til Tyssedal og overnatting på Tyssedal Hotell. Her fekk me servert trerettars middag i regi av Statkraft. 10

14 7 Norsk Vasskraft- og Industrimuseum, Tyssedal Etter ei god natt søvn starta dagen på Norsk Vasskraft- og Industrimuseum i Tyssedal, fem minutt frå hotellet. Her såg me først ein lm frå utbygginga i Tyssedal, og deretter gjekk me inn i det gamle kraftverket som no er museum. Museet har 15 aggregat i forskjellige utformingar, og her var det mykje interessant å sjå. Spesielt vakte kontrollrommet med sine tre epokar stor interesse. Etter omsyninga på museet køyrde me opp Tyssedalen og inn Skjeggedalen til Ringedalsdammen. Deretter gikk turen vidare til Odda, og derifrå til Nesaten i Suldal. 11

15 I Nesaten overnatta me på Energihotellet. Det vart bygd i forbindelse med kraftverksutbygginga og er teikna av arkitekt Geir Grung. Etter at me var innlosjert på hotellet fekk me tid til ein liten tur i området. Denne turen delte gruppa litt i to deler, dei spreke og dei litt sprekare. Etter turen var det tid for middag, som bestod av tre rettar. I den samanheng fekk me smake på lokal kokkekunst med god vin til. Olav Martin Skaar og Knut Mo frå Hydro Energi var i lag med oss og var med på å skape hyggeleg stemning under middagen. 12

16 8 Hydro Energi, Nesaten Torsdagsmorgon møtte me opp ved Hydro Nesaten kl. 9. Her fekk me eire interessante foredrag av Olav Martin Skaar. Me fekk blant anna høyre om eit tidlegare problem med ei trykksjakt og om arkitekten Geir Grung. Olav Martin var óg interessert i kva me spesialiserte oss innanfor, så derfor tok me ei runde rundt bordet slik at alle fekk presentert seg sjølv og tema for prosjekt/master-oppgåve. Etter lunsj var det tid for eit besøk i kraftverket Suldal 1 og 2. I dette kraftverket har ein tenkt litt meir på det estetiske enn det som er vanleg. Fransk marmor på golvet i maskinsalen er ikkje akkurat vanleg standard for norske vasskraftverk! Det siste me gjorde før me køyrde vidare var å ta turen opp i den gamle driftssentralen i toppen av portalbygget. Portalbygget er som Energihotellet designa av Geir Grung, og blir av mange kalla UFO-en på grunn av den spesielle, runde utforminga. Den gamle driftssentralen blir no brukt som møterom, men dei gamle kontrolltavlene har heldigvis fått stå som dei var. Besøket hjå Hydro var av ein heilt anna karakter enn tilsvarande anleggsbesøk. Fokuset på arkitekturen i omvisninga er kanskje ikkje det som interesserer maskiningeniørar mest, men samstundes gjorde dette at besøket skilte seg ut av mengda av kraftverk. Alt i alt var omvisninga ei positiv oppleving. Etter besøket hos Hydro gjekk turen til Telemark, nærmare bestemt Våmarvatnet, der Statkraft har ei hytte som me fekk overnatte på. Grunna ei noko utdatert skildring av hytta køyrde me forbi tomta mange gonger utan å nne fram, men til slutt hamna me på rett stad. Me laga middag i lag og kosa oss på hyttetur. 13

17 9 Statkraft, Dalen Fredagsmorgon vakna me opp til sol og frost. Etter ein god frukost med egg og bacon møtte me Tor Bendik Midtgarden frå Statkraft Dalen utanfor hytta. Me fekk her unnskyldning for den litt utdaterte skildringa, då hytta var kledd om sidan sist han hadde vore oppe. Me køyrde til enden av Våmarvatnet, der me fekk sjå ein fyllingsdam under oppgradering. Tor Bendik fortalte oss om nye krav til plastring av dammar, og at dette gjer at det er stor etterspørsel etter folk som kan denne kunsten. Han fortalte óg at ein ikkje berre kan stoppe kraftverket når ein må oppdatere dammen. Slike oppgraderingar må planleggast veldig nøye for å unngå aum og for å tape minst mulig pengar. Etter damfaringa køyrde me vidare til driftsbygget i Dalen. Her hadde Tor Bendik foredrag om blant anna om problem med sanderosjon på Tokke og HMS i Statkraft. Me var i tillegg ein tur innom driftssentralen, som er driftsentral for heile Statkraft Region Aust. Me rakk óg eit besøk til Tokke kraftverk med sine re Francisaggregat og 430 MW installert e ekt før me vendte snuten mot Gardermoen att. 14

18 10 Avslutning Etter ein lang tur med mykje køyring var det ein sliten gjeng som sette seg på yet tilbake til Trondheim, men det råda stor einigheit om at turen hadde vore nyttig på mange måtar, både fagleg og med hensyn på nettverk. Me takkar med dette for turen og håper at framtidige studentgrupper får ei like god mottaking som me fekk. 15

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål VINJE SKOLE SOM MUSEUM Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål Vinje skole som museum Innleiing Dette notatet er laga etter at eg på vegne av Sparbyggja fortidsminnelag (av Fortidsminneforeninga)

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Styremøte og opplegg for styret i Regionalt Forskingsfond Vestlandet

Styremøte og opplegg for styret i Regionalt Forskingsfond Vestlandet Styremøte og opplegg for styret i Regionalt Forskingsfond Vestlandet Sogndal 19-20. juni 2014 Fosshaugane Campus Bilde frå Kvålslid september 2012. Eplesorten Discovery er klar til hausting. Styremøtet

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Med tre spesialitetar i kofferten

Med tre spesialitetar i kofferten Med tre spesialitetar i kofferten Av Eli Gunnvor Grønsdal Doktor Dorota Malgorzata Wojcik nøgde seg ikkje med å vere spesialist i eitt fag. Ho tok like godt tre. No brukar ho kunnskapen sin, ikkje berre

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen

Detaljer

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 Då ungdomsskulebussen stoppa i Straumøykrysset kom 3. og 4. klasse veltande ut av bussen, klar til ein ny dag på Straumøy Gard. Marta, Marie og Janna var

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære? Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære? Innlevert av 6. og 7. ved Marvik Skule (Suldal, Rogaland) Årets nysgjerrigper 2015 Det er første gong både lærar og elevar i 6. og 7. ved Marvik skule

Detaljer

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN Oppsummering/ evaluering av månaden Også denne månaden har me vore mykje ute. Prøver å komma oss ut to gonger i løpet av dagen om veret er nokon lunde ok. Det er mykje sykling

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 06.10.2014 SAKSHANDSAMAR: Ingvill Skogseth SAKA GJELD: Høyring - Stønad til helsetenester mottatt i eit anna EØS-land- Gjennomføring av pasientrettighetsdirektivet

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Austigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei alle sammen! Plassebakken Barnehage BA I januar har vi nytta oss av det fine veret å vøre mykje ute! Sjølv om det

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan - 2010

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan - 2010 1 Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan - 2010.ar 29.oktober til 07.november 2010 Bakgrunn Stord kommune har vore pilotkommune for universell utforming frå 2005 til 2008, og frå

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr. 1-2015

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr. 1-2015 Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes AUD-notat nr. 1-2015 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå Næringsseksjonen i Hordaland fylkeskommune Bakgrunnen

Detaljer

M/S NYBAKK SI HISTORIE

M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S Nybakk vart bygd på Vaagland Båtbyggeri, rett nord for Kristiansund N, i 1961. Nybygget vart tildelt kallesignalet JXPH då kjølen vart strekt. Bueland Det var brødrene Jakob,

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit 53 49 68 18/97 53 02 55 turid.tveit@stord.kommune.no

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit 53 49 68 18/97 53 02 55 turid.tveit@stord.kommune.no Røldal Leilegheit 101 & 103 2011 Informasjon Ve og Vel V/Turid Tveit 53 49 68 18/97 53 02 55 turid.tveit@stord.kommune.no Innhaldsliste Prisar:... 3 Litt om leilegheitane... 4 Røldalsterrassen... 4 Utstyr...

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Folketalsutviklinga i PANDA vert bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflyttinga (innflytting minus utflytting). Fødselsfrekvensar og dødsratar

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune.

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune. Førde, 23.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av 19.11.2014

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 18.05.2016 35308/2016 Åge Ødegård Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya? Velkomen til blåtur. Under køyreturen nå og litt utover kvelden skal de få ein Quiz å kose dykk med. De som er i denne bilen er ei gruppe. Gi gruppa eit namn og set igong. QUIZ GRUPPENAMN:. 1. Kva verdsdel

Detaljer

Rapport frå La Zenia, 06.04.13 13.04.13

Rapport frå La Zenia, 06.04.13 13.04.13 Rapport frå La Zenia, 06.04.13 13.04.13 Då Velferdsklubben i Wärtsilä sendte mail om at det var inngått avtale om leige av hus/leilighet i Spania, meldte eg meg på for å stå på lista til trekking. Svaret

Detaljer

Med god informasjon i bagasjen

Med god informasjon i bagasjen Evaluering av pasientinformasjon Med god informasjon i bagasjen Johan Barstad Lærings og meistringssenteret Helse Sunnmøre HF SAMAN om OPP Hotell Britannia, Trondheim 18. Februar 2010 Sunnmørsposten, 08.02.10

Detaljer

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS S-200504339-4/135.3 RAMMEAVTALE og Som del av denne avtalen følgjer: Vedlegg l: Samarbeidavtale med spesifikasjon av tilskot. 1. Definisjonar Tenestar knytt til tilskot: Som nemnt i punkt 3.1 og vedlegg

Detaljer

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii KoønnWEK v/sidgr.1- or 11(0I: iii &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. Opplysningar om søkjaren: Namn:Jorun Larsen Adresse: Seimsvegen 73 Postnr./stad: 5472 SEIMSFOSS Telefon: 91398512 Organisasjonsnr:

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. MØTEINNKALLING Utval Komite for helse, omsorg, miljø Møtedato 04.12.2012 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Orienteringar: Barnevern Samhandlingsavdelinga Forfall skal meldast til telefon

Detaljer

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014 Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014 Innledning Eg valde å tolke oppgåva slik at ein skulle framstille ein «historie» kun ved hjelp av bilete. Eg tolka det òg slik

Detaljer

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!! Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!! Side 1 Helsing frå Lyngmo Det er siste tysdag i august og strålande sol ute. Hafslovatnet

Detaljer

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200703590-60 Arkivnr. 8 Saksh. Raddum, Gunhild Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 13.01.2010 21.01.2010 SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL

Detaljer

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil Om kontrakten Kontrakten kan fyllast ut elektronisk eller skrivast ut og fyllast ut på papir. Forbrukarrådet tilrår at kontrakten blir fylt ut elektronisk av partane i fellesskap. Forbrukarrådet oppmodar

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato: 26.08.2010 Møtetid: - Møtestad: Kommunehuset

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato: 26.08.2010 Møtetid: - Møtestad: Kommunehuset SAMNANGER KOMMUNE MØTEINNKALLING Utval: Kommunestyret Møtedato: 26.08.2010 Møtetid: - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet eller ugildskap må meldast

Detaljer

Opplev fjordane og norsk natur på sitt beste. Spesialpris overnatting. Organisering av transport

Opplev fjordane og norsk natur på sitt beste. Spesialpris overnatting. Organisering av transport Opplev fjordane og norsk natur på sitt beste Kviknes Hotel ønskjer å vere ein tilbydar av unike opplevingar. Produktet vårt kan ein skreddarsy til både individuelle og store- og små grupper. Hotellet består

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Øving Fårikål 2014. Oppsummering. Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 29. september 2014. Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm

Øving Fårikål 2014. Oppsummering. Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 29. september 2014. Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm Øving Fårikål 2014 Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 29. september 2014 Oppsummering Side 1 1 Innleiing... 3 2 Øvingsmål... 4 3 Måloppnåing

Detaljer

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Kva er gründercamp? Treningsleir i kreativitet og nyskaping Elevane får eit reelt oppdrag med ei definert problemstilling Skal presentere ei løysing innanfor eit

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

Vannkraft gårsdagens, dagens og morgendagens viktigste energikilde

Vannkraft gårsdagens, dagens og morgendagens viktigste energikilde Vannkraft gårsdagens, dagens og morgendagens viktigste energikilde Presentasjon for Rådet for miljøteknologi 28. august 2013 Nils Morten Huseby Konsernsjef Rainpower ASA MW Europeisk vannkraftutbygging

Detaljer

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad Først i denne delen om Giske OS står skrive om korleis vi bygde stasjonsbygninga. Der står nemnt at vi rekna med

Detaljer

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil 1. Partane i avtalen Forbrukar Namn: Adresse: Postnr/stad: E-post: Telefonnr.: Tenesteytar Namn: Adresse: Postnr/stad: E-post: Telefonnr.: Org.nr: 2. Bilen det skal gjerast arbeid på Merke årsmodell Reg.nr.

Detaljer

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Av Eli Gunnvor Grønsdal Då Tehmina Mustafa kom til Noreg, som nyutdanna lege, fekk ho melding om å ta utdanninga på nytt. Ho nekta. I dag er ho professor i

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss! Dette heftet er ei samling av ulik informasjon som me håper kan være grei for deg når du skal vær

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter. RAPPORT FRÅ STRANDEBARM SKULE TYSDAG 18/10-05 Gruppa vart delt i 3. Det me skulle gjera i dag var: gjera klar grønsaker til marknad, stell i fjøset og steike pannekaker på stormkjøkken. Poteter og gulrøter

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER Indre Sogn Vassområde Gaupne 31.01.2014 Aurland kommune v/ Bjørn Sture Rosenvold 5745 Aurland KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER Me har fått opplyst at miljøproblem knytt til vassdragsutbygging

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

resultat Innovasjon Noreg Akersgata 13 Postboks 448 Sentrum 0104 Oslo T: 22 00 25 00 F: 22 00 25 01 post@innovasjonnorge.no www.innovasjonnorge.

resultat Innovasjon Noreg Akersgata 13 Postboks 448 Sentrum 0104 Oslo T: 22 00 25 00 F: 22 00 25 01 post@innovasjonnorge.no www.innovasjonnorge. Innovasjon Noreg Akersgata 13 Postboks 448 Sentrum 0104 Oslo T: 22 00 25 00 F: 22 00 25 01 post@innovasjonnorge.no www.innovasjonnorge.no 09viktige resultat Design og layout: Creuna Foto: Bjørn Jørgensen/Samfoto

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE Noreg er eit land i Nord-Europa. Noreg er eit nordisk land. Noreg, Danmark, Sverige, Finland og Island vert kalla dei nordiske landa. Noreg, Danmark og Sverige har òg

Detaljer

Sommartur til Sverige,

Sommartur til Sverige, Sommartur til Sverige, 7 dagarstur med avreise 30. juni 2015, Storby, «glasriket» i Småland og grensehandel På denne turen skal vi i tillegg til Stockholm og Gøteborg, mellom anna innom salmediktaren Lina

Detaljer

26 sept 07 oktober 2009. Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

26 sept 07 oktober 2009. Lima Machu Picchu Cusco Amazonas 26 sept 07 oktober 2009 Machu Picchu Cusco Amazonas PROGRAM Laur. 26. sept. avreise med K L M Søn. 27. sept. Mån. 28. sept. Tirs. 29. sept. Ons. 30. sept.. Tors. 1. okt. Fred. 2. okt. Laur. 3. okt. Søn.

Detaljer

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Intervju med hamnemynde i Stord kommune. Intervju med hamnemynde i Stord kommune. 1. Kva er dykkar arbeid hos hamnemynde i Stord kommune, og korleis er dykkar rolle på Eldøyane? Mitt namn er Inge Espenes og eg er Hamnesjef i Stord Hamnestell.

Detaljer

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Styret har vore samansett slik i 2012 : Årsmelding for Volda Dykkerklubb 2012 Styret har vore samansett slik i 2012 : Formann : Roar Gjerde ( ikkje på val, 1 år att) Nestformann : Alf Henning Ervik ( på val 2013) Kasserar/IT ansvarleg : Rolf

Detaljer

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger Samferdselsutvalet i Hordaland 5020 BERGEN Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger Hardangerrådet iks sender slik uttale vedr. ferjesamband i Hardanger, og ber om at denne uttalen vert teke omsyn til i budsjetthandsamingsprosessen

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn Jobbskygging side 1 ELEVARK 8 trinn Jobbskygging Innhald Yrke og utdanning i familien min Nettverk og kompetanse. Kva betyr omgrepa? Slektstreet mitt Yrkesprofil Stilling og ansvarsområde. Kva betyr omgrepa?

Detaljer

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 Årsmøtet konstituerte seg med Steinar Røyrvik som møteleiar og Rigmor Øygarden som skrivar. Glenn Arne Vie og Sigurd Hatlenes vart valde til å

Detaljer

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

SAMLA SAKSFRAMSTILLING Side 1 SAMLA SAKSFRAMSTILLING Arkivsak: 99/3194-15525/06 Saksbeh.: Jørgen Steensæth Arkivkode: PLAN soneinndeling Saksnr.: Utval Møtedato 99/06 Formannskap/ plan og økonomi 17.08.2006 70/06 Kommunestyret

Detaljer

Fisken som gjorde Noreg kjent i verda

Fisken som gjorde Noreg kjent i verda Fisken som gjorde Noreg kjent i verda Frå gammalt av er tørrfisk og klippfisk Noregs viktigaste bidrag på den globale sjømatmarknaden. Desse fiskeprodukta var ein effektiv og rimeleg måte å konservere

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 22.01.2015 Møtetid: Kl. 13:00 14:15 Møtestad: Kommuenstyresalen Saksnr.: 001/15-005/15 Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte

Detaljer

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012 Årsrapport 2012 Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen Årsrapport bygdeutvikling 2012 I 2012 har hovedstyret i BU Instedalen hatt 7 styremøter. Styret har sett ned arbeidsgrupper til dei forskjellige prosjekta,

Detaljer

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN Lyngmo - Glytten 23. årgang Januar 2014 Helsing frå Lyngmo Når du mottek Lyngmoglytten denne gangen er det travelt arbeid i gang på kjøkkenet

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Kjære foreldre/føresette Me ynskjer dykk og barnet dykkar hjarteleg velkomen til Lonevåg barnehage! Barnet dykkar har no fått

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Rektorforum 15. april

Rektorforum 15. april Til Skolen v/ rektor IKF-Rundskriv 06-2008 Oslo, 18. februar 2008 Rektorforum 15. april Viser til særmøte under rektorsamlinga i Tromsø i januar. Der vart det bedt om at IKF arrangerer eit rektorforum

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Det har vore eit flott halvår på raud gruppe. I gruppa har me 13 born, 10 jenter og 3 gutar, ein pedagog og ein assistent. Me har hatt tre studentar denne hausten.

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Bitraf Resultatregnskap0per031.12.2012

Bitraf Resultatregnskap0per031.12.2012 Bitraf Resultatregnskap0per031.12.2012 Note 2012 Driftsinntekter Medlemskap 1 89,660.56 Bedriftspartner 2 15,000.00 Sum;driftsinntekter 104,660.56 Driftskostnader Husleie 80,714.00 Labutstyr 3 3,327.00

Detaljer

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje 1 Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje Tidleg morgon i mai. Sol over messeområdet i Örebro, Sverige. Ti Bergen CK- veteranar klare til start, pent oppstilte på to linjer, alle i oppdaterte

Detaljer

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012 Om Øving Lyneld Øving Lyneld er primært ei varslingsøving som Fylkesmannen i Hordaland gjennomfører med ujamne mellomrom for å teste beredskapsvarslinga til kommunane i Hordaland og Hordaland fylkeskommune.

Detaljer

Inspirasjon og erfaring i Natural Horsemanship, for bruk i Folkehøgskulen.

Inspirasjon og erfaring i Natural Horsemanship, for bruk i Folkehøgskulen. Rapport frå studiereise til USA: Tema: Inspirasjon og erfaring i Natural Horsemanship, for bruk i Folkehøgskulen. 1.1 Presentasjon. 1.2 Formålet med reisa. 2.1 Skildring av reiserute. 2.2 Litt om Athens.

Detaljer