RAPPORTERINGS- OG VURDERINGSSYSTEM I DEI VIDAREGÅANDE SKULANE

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "RAPPORTERINGS- OG VURDERINGSSYSTEM I DEI VIDAREGÅANDE SKULANE"

Transkript

1 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak Arkivnr. 520 Saksh. Sandvik, Tor Ivar Sagen Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet RAPPORTERINGS- OG VURDERINGSSYSTEM I DEI VIDAREGÅANDE SKULANE SAMANDRAG Opplærings- og helseutvalet bad i møte om ei sak med oversikt over kva rapporterings- og vurderingssystem som blir gjennomført i skulen. Kva er redusert, og kva kan reduserast for å avbyråkratisere den vidaregåande skulen. Mesteparten av rapporteringa i skulen er lovpålagde oppgåver, med unnatak av undervisningsevalueringa, rapportering knytt til Plan for kompetanseutvikling og skjerpa krav til kap. 9a i opplæringslova. Mellom anna har rapporteringa som formål å avdekke område for forbetring. Rapporteringsbehovet må avgrensast til det strengt nødvendige, og eit mål må vere at det blir rapportert på data som er nødvendig for skuleutvikling. Rapporteringsarbeidet må vere ei investering i arbeidet med å forbetre skulen. FORSLAG TIL VEDTAK Opplærings- og helseutvalet tek saka til orientering. Rune Haugsdal fylkesrådmann Svein Heggheim opplæringsdirektør

2 FYLKESRÅDMANNEN, : Fylkesrådmannen viser til vedtak i sak 33/13 i Opplærings- og helseutvalet, , «Ber om ei sak med oversikt over kva for rapporterings- og vurderingssystem som blir gjennomført i skulen. Kva er redusert, og kva kan reduserast for å avbyråkratisere den vidaregåande skulen». Hordaland fylkeskommune (HFK) er juridisk ansvarleg for skuletilbodet til elevane. Opplæringslova med tilhørande forskrifter skal m.a. sikre at skuleeigar har forsvarlege kvalitetssystem for vurdering og oppfølging av resultat og jamleg vurdering av kvalitetsutvikling. I St.meld.nr 31 ( ) går det fram at det er viktig at styringsorgana i kommunar og fylkeskommunar har eit bevisst og kunnskapsbasert forhold til kvaliteten på opplæringa. Dette er nødvendig for å følgje opp utviklinga av sektoren på ein god måte. 1) Nasjonale krav til rapportering og vurdering 1.1 Tilstandsrapport Paragraf i opplæringslova seier at fylkeskommunen skal ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte. Fylkeskommunen skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå desse vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører med heimel i Som ein del av oppfølgingsansvaret skal det utarbeidast ein årleg tilstandsrapport knytt til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Rapporten skal drøftast av skoleeigar, dvs. fylkestinget. Tilstandsrapporten skal som eit minimum omtale læringsresultat, fråfall og læringsmiljø, men kan byggast ut med annan omtale som skuleeigar meiner er formålstenleg ut frå lokale behov. I HFK blir det òg rapportert på dei prioriterte tiltaksområda klasseleiing, vurdering, og IKT i læringsarbeidet og læringsresultat på faga matematikk, naturfag og kroppsøving. System for verksemdbasert vurdering er HFK sitt verktøy for å følgje opp skulane sitt pedagogiske utviklingsarbeid. Skulane må ha eit system med gode rutinar for å hente inn, analysere og vurdere eiga pedagogisk verksemd, jf. dokumentet System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane. Utviklingsplanen er skulen sitt planleggings- og styringsverktøy. Utviklingsplanen skal gi ei oversikt over skulen sine mål og utviklingsbehov, og skal ta opp i seg nasjonale prioriteringar og føringar frå skuleeigar. Den skal gi god og konkret retning i utviklingsarbeidet og leggje eit godt grunnlag for tilstandsvurdering. Dei vurderingane skulane gjer, må avspeglast i skulen sin utviklingsplan. For å få ei heilskapleg tilnærming til lokal skuleutvikling, er det nødvendig at pedagogisk personale er delaktige i tilstandsvurdering og utviklingsarbeid. 2

3 1.2 Kartleggingsprøver Kartleggingsprøver er ikkje prøver i fag, men i grunnleggjande ferdigheiter i alle fag. Prøvene skal gi eit betre fagleg og pedagogisk grunnlag for å organisere opplæringa og tilpasse ho til den enkelte eleven, vurdere om det bør setjast i verk tiltak og vere eit hjelpemiddel i undervegsvurderinga. I vidaregåande opplæring er det obligatoriske kartleggingsprøver i leseferdigheit og i rekning på Vg1, og ei frivillig prøve i engelsk. Fritak frå kartleggingsprøver gjeld berre for elevar med spesialundervisning etter kapittel 5 i opplæringslova og for elevar som får særskild språkopplæring etter 2-8 i opplæringslova, jf. forskrift til 2-4 andre ledd i opplæringslova. 1.3 Elevundersøkinga Elevundersøkinga er arrangert av Utdanningsdirektoratet, og er obligatorisk å gjennomføre for Vg1- elevar. Skuleeigar har hovudansvaret for at den enkelte skule gjennomfører undersøkinga. Skuleleiarane må førebu gjennomføringa og følgje opp resultata frå undersøkinga. Elevundersøkinga blir gjennomført på hausten. Av dei ulike brukarundersøkingane er det berre Elevundersøkinga som er obligatorisk. 1.4 Vurdering Undervegsvurdering Frå 8. årstrinn skal alle elevar kvart halvår få halvårsvurdering med karakter i fag og i orden og åtferd dokumentert skriftleg. Fråvær skal òg dokumenterast kvart halvår, jf. forskrift til opplæringslova Paragrafen krev vidare at det skal dokumenterast at undervegsvurdering er gitt både i forhold til undervegsvurdering med karakter og undervegsvurdering utan karakter. Dokumentasjonskravet i forskrifta betyr ikkje eit krav om lange skriftlege utgreiingar om eleven sin kompetanse, men at det skal dokumenterast at eleven har fått vurdering. I praksis vil det innebere noko skriftleg arbeid, men å krysse av ei liste som viser når vurdering har blitt gitt til den enkelte elev er strengt tatt tilstrekkeleg etter forskrifta. Kor mykje som skal skriftleggjerast av undervegsvurderinga, må sjåast i forhold til kva som er nødvendig, kva som er pedagogisk nyttig for eleven og arbeidsbyrden det inneberer for læraren. Denne praksisen kan vere ulik frå skule til skule. Nokre skular kan ha strengare krav til dokumentasjon og oppfølging av undervegsvurdering. Forhold som klassestørrelse kan òg påverke korleis pedagogisk personale gjennomfører undervegsvurdering. I større grupper er det ikkje nødvendigvis tid til t.d. munnleg samtale/vurdering, og det kan då gi meir skriftleg vurderingsarbeid. Vurderingspraksis varierer i meir eller mindre grad mellom skulane og mellom lærarane på den enkelte skule. Særleg kan vurderings- og dokumentasjonspraksis vere annleis i yrkesfaga, der praktisk opplæring er meir sentralt, i forhold til fellesfaga. 3

4 Forskrift om vurdering blei endra hausten Hensikta var m.a. å tydeleggjere at vurdering har ulike formål og å stille kvalitetskrav til korleis vurderinga skal gjennomførast undervegs. Undervegsog sluttvurdering må sjåast i samanheng. Læraren må t.d. på eit tidleg tidspunkt konkretisere kva som kjenneteiknar kompetanse som blir kravd for å få dei ulike karakterane. Lærar og elevar bør då kontinuerlig vurdere om det er behov for å justere opplæringa for å nå måla. Dokumentasjonskravet kan då opplevast som høgt. Sluttvurdering Fråvær, halvårsvurdering med karakterar, standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og karakterar til fag- og sveineprøva og kompetanseprøva skal førast inn i systemet skuleeigar bruker. Dette gjeld både karakterar i fag og karakterar i orden og åtferd. Standpunktkarakteren skal baserast på eit breitt vurderingsgrunnlag som samla viser kompetansen eleven har i faget. Dersom det ikkje er grunnlag for å setje standpunktkarakter skal rektor fatte enkeltvedtak. Då må eleven vere varsla, jf. forskrift til opplæringslova 3-7. Sluttvurderinga må derfor sjåast i samanheng med undervegsvurderinga og kravet forskrifta set til dokumentasjon. Ved klage på standpunktkarakter, må det dokumentarast at undervegsvurdering er gitt, noko som aktualiserer forholdet mellom det faktiske kravet i forskrifta og det behovet faglærar har for å tilstrekkeleg dokumentere undervegsvurdering. 1.5 OT/PPT spesialundervisning Før fylkeskommunen gjer vedtak om spesialundervisning eller vedtak om spesialpedagogisk hjelp, jf. opplæringslova 5-1 og 5-7, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering om dei særlege behova til eleven. Undervisningspersonalet skal vurdere om ein elev treng spesialundervisning, og melde frå til rektor når slike behov er til stades. PPT har eigne tilvisingsskjema som skulane skal bruke ved tilvising, og der skulen skal leggje ved dokumentasjon på kva som er gjort. PPT ber ikkje om meir frå skulen enn kva dei treng for å gjere ei sakkunnig vurdering. Etter opplæringslova 5-5 andre ledd har elevar som mottar spesialundervisning rett til å få ein skriftleg oversikt over opplæringa han/ho har fått og ei vurdering av si eiga utvikling. Tidlegare har ei slik oversikt og vurdering blitt utarbeidd kvart halvår. Då lova er endra frå , blir denne oversikta og vurderinga no utarbeidd éin gong i året. Denne endringa er eitt døme på at rapporteringskrav blir vurdert og justert. Eit sentralt omsyn bak endringa er nettopp å minske rapporteringsbyrda i skulen. 1.6 Prosjekt til fordjuping Prosjekt til fordjuping (PTF) gir lokale og individuelle tilpassingar, og krev ein del ekstra dokumentasjon. I løpet av eit år kan elevane ha PTF i fleire lærefag og på fleire læringsarenaer, både i skule og bedrift. 4

5 Dokumentasjonen i PTF skal m.a. dokumentere og kvalitetssikre utført arbeid, gi elevane oversikt over eiga kompetanseutvikling og vise potensielle arbeidsgivarar kva eleven har gjort. Dokumentasjon i PTF er eit sentralt verkemiddel når elevane skal skaffe seg læreplass. Eleven sin plan, den lokale læreplanen, skal følgje med som vedlegg til kompetansebeviset. 2) Lokale krav til rapportering og vurdering 2.1 Undervisningsevaluering Formålet med undervisningsevalueringa er å gi læraren eit verktøy for å utvikle ein betre pedagogisk praksis i klasserommet gjennom elevane si vurdering av eiga opplæring. Undervisningsevalueringa er eit lokalpolitisk vedtak i Hordaland, og er ikkje eit nasjonalt krav. Opplærings- og helseutvalet vedtok i møte, , følgjande om undervisningsevalueringa: 1. Det er opplæringsdirektøren sitt ansvar kvart skoleår å setje i gang arbeidet med å lage det skjemaet som skal vere den felles grunnstamma i Undervisningsevalueringa det aktuelle året. Aktuelle fagforeiningar, representantar for skoleleiingane og Elevorganisasjonen vert kvart år inviterte til å ta del i arbeidet med å lage den felles grunnstamma i Undervisningsevalueringa saman med Opplæringsavdelinga og personar med kompetanse i å lage spørjeskjemaer. 2. Det er opplæringsdirektøren sitt ansvar å gje praktiske føringar for gjennomføring av evalueringa. 3. Alle lærarar skal kvart år evaluerast av minst ei elevgruppe. 4. Evalueringa skal, så langt det er mogleg, gjennomførast på VG1-nivå. 2.2 Kompetanseutvikling Opplæringslova 10-8 seier at skuleeigar har eit ansvar for å ha riktig og nødvendig kompetanse i verksemda. Skuleeigar skal ha eit system som gir undervisningspersonale, skuleleiarar og personale med særoppgåver i skuleverket høve til kompetanseutvikling ( ). HFK utarbeidar kvart år ein plan for kompetanseutvikling. Opplærings- og helseutvalet vedtok (sak 67/12) at det skal rapporterast på satsingsområda knytt til Plan for kompetanseutvikling. Dette vil kunne medføre auka krav til pedagogisk personale og skuleleiarane om å dokumentere auka formal- og realkompetanse, då mykje av kompetansehevinga er lokal og skulebasert. 5

6 2.3 Opplæringslova kapittel 9a elevane sitt skulemiljø Skulane i HFK har fått eit skjerpa krav til å dokumentere arbeidet som blir gjort for å sikre elevane si helse, miljø og sikkerheit, og at dei følgjer opp planane slik at måla kan nås. Skulane må ha rutinar for handtering av meldingar knytt til kap. 9a. Skulane pliktar å handsame meldingar etter forvaltningslova, dvs. snarast mogeleg ta stilling til saka og gjere eit enkeltvedtak. 3) Forsking og evaluering Sidan Kunnskapsløftet blei innført, har det blitt sett i gang fleire forskingsbaserte evalueringar slik at nasjonale utdanningsmyndigheiter kunne gjere nødvendige justeringar og vidareutvikle reforma. Utdanningsdirektoratet set i verk ei rekke evalueringar på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Desse omfattar ofte surveys og kvalitative studiar, og er avhengig av tilstrekkeleg høg svarprosent for at dei skal bli representative. Utdanningsdirektoratet kan ikkje pålegge skuleeigar eller skular å svare på desse, men skulane føler seg forplikta til å respondere. Eitt døme på dette er Utdanningsdirektoratet si spørjeundersøking Spørsmål til Skole-Norge, i 2009, 2010, 2011 og Noreg deltek i ei rekkje internasjonale studiar i regi av OECD og IEA (The International Association for the Evaluation of Educational Achievement). Dei fleste av desse studiane inneberer både testing av elevar, samt surveys til elevar, lærarar og rektorar. Desse er ikkje obligatoriske. 4) Samarbeidsprosjekt i regi av Kunnskapsdepartementet Kunnskapsministeren skal i haust setje i gang eit prosjekt i utvalde kommunar og fylkeskommunar for å kartleggje skulane si rapportering til lokale, regionale og nasjonale myndigheiter. Prosjektet skal sjå på kva statlege og lokale myndigheiter pålegg skulane og lærarane å rapportere på. Målet er at dette skal ned til eit minimum. Prosjektet skal vare til september ) Konklusjon Sett bort i frå undervisningsevalueringa, rapportering knytt til Plan for kompetanseutvikling og skjerpa krav til kap. 9a, pålegg ikkje HFK dei vidaregåande skulane noko meir rapporterings- og vurderingskrav enn det som er nasjonalt fastsett. Som vist til i saksutgreiinga, kan kravet til dokumentasjon av undervegsvurdering opplevast som stort, men forskrifta i seg sjølv set ikkje høge krav til formell dokumentasjon. Dokumentasjonskravet kan variere frå skule til skule, og målet vil alltid vere å sikre kvalitet i opplæringa og auka læringsutbyte. Som vist i saka, er rapporterings- og vurderingskrava for det meste lovpålagde oppgåver. Staten, skuleeigar og skulen sjølv har behov for å ha god oversikt over det som skjer i skulen. På bakgrunn av dette blir det stilt krav om ulike rapporteringar. Mellom anna har rapporteringa som formål å avdekke område for forbetring. Rapporteringsbehovet må avgrensast til det strengt nødvendige, og eit mål må 6

7 vere at det blir rapportert på data som er nødvendig for skuleutvikling. Rapporteringsarbeidet må vere ei investering i arbeidet med å forbetre skulen. Nasjonale og lokale myndigheiter må vere bevisste på dei rapporteringskrav og undersøkingar som blir sendt skulane. God informasjon om sektoren er nødvendig for kvalitetsutvikling, men ein må ha forståing for det auka tidsbruket dette medfører i skulane. 7

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST NOEN ENDRINGER/PRESISERINGER I LOVEN 8-2. Organisering av elevane i klassar eller basisgrupper I

Detaljer

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201102938-1 Arkivnr. 520 Saksh. Wanvik, Torill Iversen Saksgang Y- nemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 29.03.2011 05.04.2011-06.04.2011

Detaljer

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er: Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane 2012-2013 Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider: 5 Styringsdokument Opplæringsdirektøren Skoleåret 2012-13

Detaljer

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring No gjeld det No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande

Detaljer

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201307419-2 Arkivnr. 545 Saksh. Mjelstad, Torbjørn Saksgang Møtedato Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet

Detaljer

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724. Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.html#map004 I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg

Detaljer

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg grunnskoleopplæring har rett til vurdering etter reglane i

Detaljer

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring

Detaljer

Sluttvurdering. Fagdag for lærere og ledere Fredfoss, 7. februar Hva er sluttvurdering?

Sluttvurdering. Fagdag for lærere og ledere Fredfoss, 7. februar Hva er sluttvurdering? Sluttvurdering Fagdag for lærere og ledere Fredfoss, 7. februar 2014 Hva er sluttvurdering? 06.02.2014 2 1 Mestre utfordringer i faget som helhet Standpunktkarakter er Eksamen Sluttvurdering Underveisvurdering

Detaljer

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane. Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane. 2013-2015 Innleiing Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane i Hordaland

Detaljer

Velkommen til fagdag om standpunktvurdering VGS. Molde 2. februar 2017

Velkommen til fagdag om standpunktvurdering VGS. Molde 2. februar 2017 Velkommen til fagdag om standpunktvurdering VGS Molde 2. februar 2017 Innleiing - Bakgrunn for fagdagen 10:00-11:00 - Kva veit vi om status i fylket? - Kort regelverksgjennomgang v/ Fylkesmannen i M &

Detaljer

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Vurdering på barnesteget. No gjeld det Vurdering på barnesteget No gjeld det 2 No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Denne brosjyren gjev

Detaljer

TILTAK FOR Å BETRE KVALITETEN I OPPLÆRING I BEDRIFT

TILTAK FOR Å BETRE KVALITETEN I OPPLÆRING I BEDRIFT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201202258-3 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 07.05.2013

Detaljer

Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende.

Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende. 1 Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende. 2 Elevene skal få informasjon om klageretten og hvordan

Detaljer

Rettleiing i forkant av FNT

Rettleiing i forkant av FNT Rettleiing i forkant av FNT 2014-2017 Utbytte av opplæringa forvaltningskompetanse skulebasert vurdering 2014 2015 2016 2017 Fylkesmannen i Møre og Romsdal Felles nasjonalt tilsyn 2014-2017 Inneber ei

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Ud-6/12 Utdanningsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Ud-6/12 Utdanningsutvalet saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 28.02.2012 11651/2012 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Ud-6/12 Utdanningsutvalet 07.03.2012 Anonym retting av prøver Bakgrunn I ein interpellasjon til

Detaljer

TILSYNSRAPPORT. Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver. Hjartdal kommune - Sauland skule. Fylkesmannen i Telemark

TILSYNSRAPPORT. Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver. Hjartdal kommune - Sauland skule. Fylkesmannen i Telemark Fylkesmannen i Telemark Hjartdal kommune v/rådmann Rune Engehult 3692 SAULAND TILSYNSRAPPORT Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver Hjartdal kommune - Sauland skule Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om

Detaljer

Elev- og lærlingombod i HFK

Elev- og lærlingombod i HFK OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/22610-3 Saksbehandlar: Laila Christin Kleppe Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Y-nemnda 25.05.16 Utval for opplæring og helse 02.06.16 Fylkesutvalet 23.06.16

Detaljer

System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane

System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane Forord Skuleeigar skal ha oversyn over tilstanden i dei vidaregåande skulane, ha kapasitet til å gjere nødvendige endringar

Detaljer

Velkommen til fagdag om standpunktvurdering. Molde 1. februar 2017

Velkommen til fagdag om standpunktvurdering. Molde 1. februar 2017 Velkommen til fagdag om standpunktvurdering Molde 1. februar 2017 10:00-11:00 Innleiing: - Bakgrunn for fagdagen - Kva veit vi om status i fylket? - Kort regelverksgjennomgang - v/ seniorrådgivar Annhild

Detaljer

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune - perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen 2011 for Balestrand kommune I n n h a l d 1. Innleiing s.2 2. Resultat/læringsutbyte s. 3 3. Gjennomføring i vidaregåande opplæring s.

Detaljer

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10. Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10. Elevvurdering, eksamen og klagebehandling FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10 Elevvurdering, eksamen og klagebehandling Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis

Detaljer

Standpunktkarakterar 2016

Standpunktkarakterar 2016 Standpunktkarakterar 2016 Rettleiing ved behandling av klage på standpunktkarakterar i vidaregåande opplæring Innhald 1. Innleiing... 3 Klagefrist... 3 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen...

Detaljer

EKSAMEN 2018 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

EKSAMEN 2018 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT EKSAMEN 2018 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT Kursrekke for faglærere, skoleledere og sensorer skoleåret 2017/2018 Eksamen og vurdering Eksamen 2018 - kursrekke 1. samling tirsdag 31. oktober

Detaljer

TILSYNSRAPPORT. Fylkeskommunen sitt system for å vurdere og følgje opp lovkrav. Hordaland fylkeskommune

TILSYNSRAPPORT. Fylkeskommunen sitt system for å vurdere og følgje opp lovkrav. Hordaland fylkeskommune TILSYNSRAPPORT Fylkeskommunen sitt system for å vurdere og følgje opp lovkrav Hordaland fylkeskommune 1 Innholdsfortegnelse 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med Hordaland fylkeskommune... 3 2.1 Fylkesmannen

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen

Detaljer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL

Detaljer

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201210112-3 Arkivnr. 520 Saksh. Sandvik, Tor Ivar Sagen Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 12.02.2013 20.02.2013-21.02.2013

Detaljer

PRIVATSKOLESAMLING

PRIVATSKOLESAMLING PRIVATSKOLESAMLING 07.03.2013 1 5-1 Styret Som øvste ansvarlege organ skal kvar skole ha eit styre. Skolen sitt styre skal oppnemnast i samsvar med det rettsgrunnlaget skolen blir driven etter. 2 5-2 Styret

Detaljer

RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR

RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Arkivsak 200903324-42 Arkivnr. 520 Saksh. Langaas, Eva Melvær Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 23.08.2011 RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR SAMANDRAG

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Møte i Bergen kommune 10. mai Tema Regelverk for standpunktkaraktersetjing, inkl. klage

Møte i Bergen kommune 10. mai Tema Regelverk for standpunktkaraktersetjing, inkl. klage Møte i Bergen kommune 10. mai 2010 Tema Regelverk for standpunktkaraktersetjing, inkl. klage 1 http://www.skolenettet.no Vurdering for læring http://skolenettet.no/moduler/vurdering/templates/pages/articlepage.aspx?id=6

Detaljer

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2 OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/3318-1 Saksbehandlar: Gerd Kjersti Ytre-Arne Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 02.05.2017 Utval for opplæring og helse 09.05.2017 Fylkesutvalet

Detaljer

Rapport om klage på standpunktkarakter

Rapport om klage på standpunktkarakter Skoleåret 2016-2017 Rapport om klage på standpunktkarakter 1 Innhald Innleiing... 3 Klageinstansen behandlar klage på... 3 Regelverk... 4 Om fastsetjing av standpunktkarakterar... 5 Resultat av klagebehandlinga

Detaljer

Rapport frå Fylkesutdanningssjefen

Rapport frå Fylkesutdanningssjefen Rapport frå Fylkesutdanningssjefen Klage på standpunktkarakterar skoleåret 2015/2016 0 Innhald Innleiing...2 Klageinstansen behandlar klage på...2 Regelverk...3 Om fastsetjing av standpunktkarakterar...3

Detaljer

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15 OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/1090-106 Saksbehandlar: Tor Ivar Sagen Sandvik, Stig Aasland Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 30.11.2015 Opplærings- og helseutvalet 03.12.2015

Detaljer

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200910136-1 Arkivnr. 523 Saksh. Lisen Ringdal Strøm, Janne Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 10.11.2009 18.11.2009-19.11.2009

Detaljer

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. Formål Retningslinjene skal sikre at dei tilsette i skulen er kjende med aktivitetsplikta som vedkjem elevane sin rett til eit trygt og godt skulemiljø,

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Varhaug skule Innhald 1 Innleiing 2 Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Varhaug skule 2.1 Trendutvikling læringsresultat 2.2 Trendutvikling læringsmiljø

Detaljer

EKSAMEN 2018 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

EKSAMEN 2018 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT EKSAMEN 2018 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT Kursrekke for faglærere, skoleledere og sensorer skoleåret 2017/2018 Eksamen og vurdering Eksamen 2018 - kursrekke 1. samling tirsdag 31. oktober

Detaljer

STANDPUNKTKARAKTER 2015

STANDPUNKTKARAKTER 2015 Fylkesmannen i Rogaland STANDPUNKTKARAKTER 2015 Rettleiing ved behandling av klage i grunnskolen 1 1 Innhald 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Skjema...

Detaljer

Tema/spørsmål ja/nei Vurdering/grunngjeving Dokumentasjon

Tema/spørsmål ja/nei Vurdering/grunngjeving Dokumentasjon SKULEN SITT ARBEID MED ELEVANE SITT UTBYTE AV OPPLÆRINGA Spørsmål som skal vurderast og svarast på Ja/nei Skuleleiinga si vurdering av situasjonen ved skulen grunngjeving for svara i førre kolonne SKULEN

Detaljer

EKSAMEN 2019 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

EKSAMEN 2019 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT EKSAMEN 2019 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT Kursrekke for faglærere, skoleledere og sensorer skoleåret 2018/19 Eksamen og vurdering Eksamen 2019 - kursrekke 1. samling torsdag 25. oktober 08.30

Detaljer

OPPNEMNING AV STYREREPRESENTANTAR VED PRIVATE SKOLAR

OPPNEMNING AV STYREREPRESENTANTAR VED PRIVATE SKOLAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201209024-1 Arkivnr. 5 Saksh. Haugen, Birthe Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 13.11.2012-14.11.2012 OPPNEMNING AV STYREREPRESENTANTAR VED

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Plan for vurdering ved Gimle skule 1 Målsetting med planen Alle elever har både pliktar og rettar i opplæringsløpet. Pliktane fastset at elevane skal møte

Detaljer

Opplæringslova Juni-2017

Opplæringslova Juni-2017 Opplæringslova 13-10 FORORD Opplæringslova 13-10 gir kommunane ansvar for å ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte. Kommunen skal vidare

Detaljer

Retten til spesialundervisning

Retten til spesialundervisning Retten til spesialundervisning Elevens individuelle rett til spesialundervisning Gunda Kallestad OT/PPT Opplæringslova 5-1, første ledd Elevar som ikkje har, eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM. FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG 12.03.13 VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM. Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive

Detaljer

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING» NASJONAL SATSING STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING» Innføring av valfag Auka fleksibilitet Varierte arbeidsmåtar Eit meir praktisk og relevant ungdomstrinn beherske grunnleggande

Detaljer

Felles nasjonalt tilsyn Tema: Skulemiljø

Felles nasjonalt tilsyn Tema: Skulemiljø Felles nasjonalt tilsyn 2018-2021 Tema: Skulemiljø Om tilsynet Tilsynet har 2 hovudtema: 1. Skulens aktivitetsplikt for å sikre at elevane har eit trygt og godt skulemiljø 2. Skulens plikt til å arbeide

Detaljer

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201209189-1 Arkivnr. 522 Saksh. Krüger, Ragnhild Hvoslef Saksgang Yrkesopplæringsnemda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 04.12.2012 04.12.2012 PÅBYGG

Detaljer

FORVALTNINGSREVISJONEN BRUK AV DIGITALE VERKTØY OG LÆREMIDDEL I VIDAREGÅANDE SKULE ORIENTERING OM NYE TILTAK

FORVALTNINGSREVISJONEN BRUK AV DIGITALE VERKTØY OG LÆREMIDDEL I VIDAREGÅANDE SKULE ORIENTERING OM NYE TILTAK HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200802287-125 Arkivnr. 036 Saksh. Brathetland, Kjetil Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 06.12.2012 11.12.2012-12.12.2012 FORVALTNINGSREVISJONEN

Detaljer

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20 Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane Skuleåret 2019/20 Forord Fagfornyinga eit viktig lagarbeid Mål og strategi i det pedagogiske styringsdokumentet 2016-2018

Detaljer

Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette

Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette Innleiing Skolane bruker i dag ulike namn på samtale med elevane: fagsamtale, elevsamtale, utviklingssamtale

Detaljer

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Kvalitetskriterium i PP-tenesta Kvalitetskriterium i PP-tenesta For å hjelpe kommunar og fylkeskommunar til å utvikle PP-tenesta har Utdanningsdirektoratet utforma fire kvalitetskriterium for PP-tenesta. Føremålet med kriteria er å medverke

Detaljer

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring ( 9A-2). Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing,

Detaljer

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret VOLDA KOMMUNE Servicekontoret Fylkesmannen i Møre og Romsdal Fylkeshuset 6404 Molde Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2016/852 7525/2016 A20 SVK/ UNNISTRA 21.06.2016 MELDING OM POLITISK

Detaljer

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig

Detaljer

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg grunnskoleopplæring og elevar, lærlingar og lærekandidatar

Detaljer

Spørsmålsrunde

Spørsmålsrunde Spørsmålsrunde 02.11.16 Kvifor har ikkje Sogn og Fjordane søkbare tilbod for alternativ opplæring? I Norge har fellesskolen lange tradisjoner. Fellesskolen er gjennomsyret av prinsippene om inkludering,

Detaljer

Inneholder kompetansemål ved utgangen av 10. trinn Ikke metoder eller emner i K06. Overlatt til hver enkelt skole. Forslag til tema og arbeidsmåter.

Inneholder kompetansemål ved utgangen av 10. trinn Ikke metoder eller emner i K06. Overlatt til hver enkelt skole. Forslag til tema og arbeidsmåter. 1 Inneholder kompetansemål ved utgangen av 10. trinn Ikke metoder eller emner i K06. Overlatt til hver enkelt skole. Forslag til tema og arbeidsmåter. Flere veier til målet 2 3 4 5 6 Inneholder kompetansemål

Detaljer

I dette rundskrivet finn du informasjon om innføring av valfag på ungdomstrinnet.

I dette rundskrivet finn du informasjon om innføring av valfag på ungdomstrinnet. Valfag på ungdomstrinnet Udir-7-2012 I dette rundskrivet finn du informasjon om innføring av valfag på ungdomstrinnet. RUNDSKRIV SIST ENDRET: 14.08.2012 Innhold 1. Innleiing 2. Bakgrunn for endringane

Detaljer

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune Vedlegg 1 Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune Heimel: Fastsett av fylkestinget 14.10.2014, med heimel i forskrift til opplæringslova

Detaljer

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRING I OPPLÆRINGSLOVA OG PRIVATSKOLELOVA

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRING I OPPLÆRINGSLOVA OG PRIVATSKOLELOVA HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200707857-16 Arkivnr. 500.T00 Saksh. Gilberg, Einar Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 02.12.2008 04.12.2008 HØYRING - FORSLAG

Detaljer

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret VOLDA KOMMUNE Servicekontoret Opplæring og oppvekst Grunnskulane i Volda Fylkesmannen i Møre og Romsdal Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2017/815 6819/2017 A20 SVK/ SONHAV 29.05.2017

Detaljer

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule Utviklingsplan 2016-2017 Skule: Vigrestad storskule Status læringsresultat og læringsmiljø. Utgangspunktet for analysen er dei nasjonale og Jærskulen sine mål; Alle elever skal mestre grunnleggende ferdigheter

Detaljer

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Utviklingsplan 2015 Meling skule. Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare. Utviklingsplan 2015 Meling skule "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare." GRUNNGJEVING FOR VAL AV SATSINGSOMRÅDE Me har bestemt oss for å føre vidare satsingsområda Samarbeid

Detaljer

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

ENDELEG TILSYNSRAPPORT ENDELEG TILSYNSRAPPORT Skolebasert vurdering Haram kommune Vatne ungdomsskule 1 Innhald Samandrag... 3 1. Innleiing... 4 2. Om tilsynet med Haram kommune Vatne ungdomsskule... 4 2.1 Fylkesmannen fører

Detaljer

2. Tydeleggjering av at undervegsvurdering er ein del av den samla vurderinga når standpunktkarakteren vert fastsett.

2. Tydeleggjering av at undervegsvurdering er ein del av den samla vurderinga når standpunktkarakteren vert fastsett. Side 1 av 7 Saksframlegg Saksbehandlar: Kenth Rune T. Måren, Opplæringsavdelinga Sak nr.: 15/3275-2 Høyringsfråsegn - framlegg til endringar i avgjersle om vurdering og innføring av fråværsgrenser. Fylkesdirektøren

Detaljer

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven gjøres følgende endringer:

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven gjøres følgende endringer: Forskrift om endringer i forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven og forskrift om endringer i forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskoleloven I I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven

Detaljer

STANDPUNKTKARAKTER 2011

STANDPUNKTKARAKTER 2011 Fylkesmannen i Møre og Romsdal STANDPUNKTKARAKTER 2011 Rettleiing ved behandling av klage i grunnskolen Innhald 1 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Skjema...

Detaljer

Forskrift til opplæringslova

Forskrift til opplæringslova Forskrift til opplæringslova Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring V. Eksamen 3-25.Generelle føresegner Eksamen skal vere i samsvar med læreplanverket. Læreplanen

Detaljer

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår.

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår. Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument 2013-2015. Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår. Namn på skulen: Tal elevar skuleåret 2015/16: 1 Hovudmål: Auka

Detaljer

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak: Stab FYLKESMANNEN I MØRE OG ROMSDAL Postboks 2520 6404 MOLDE Saksnr Arkiv Dykkar ref Avd /sakshandsamar Dato 2017/549 B00 DOK 16.05.2017 K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2016. Vedlagt følgjer

Detaljer

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

ENDELEG TILSYNSRAPPORT ENDELEG TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Stord kommune - Langeland skule 20.02.15 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med Stord kommune Langeland skule...

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2014-2015 Varhaug skule Tidlegare har Hå kommune i større grad vedteke utviklingsområder (satsingsområder) for skulane. Frå og med skuleåret 2014/2015 vil det vere skulane sjølv

Detaljer

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring Avtalen gjeld fordeling av ansvar mellom partane for oppfølging av

Detaljer

SPESIALUNDERVISNING PRESISERING AV OPPLÆRINGSLOVA 5-1 TIL 5-6 OG 4A-2, GJELDANDE RUTINAR OG ANSVARSFORHOLD

SPESIALUNDERVISNING PRESISERING AV OPPLÆRINGSLOVA 5-1 TIL 5-6 OG 4A-2, GJELDANDE RUTINAR OG ANSVARSFORHOLD VOLDA KOMMUNE Opplæring og oppvekst SPESIALUNDERVISNING PRESISERING AV OPPLÆRINGSLOVA 5-1 TIL 5-6 OG 4A-2, GJELDANDE RUTINAR OG ANSVARSFORHOLD Viser og til Veilederen Spesialpedagogisk hjelp og Veilederen

Detaljer

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/9089-1 Saksbehandlar: Ragnhild Ravna Skjærvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 22.09.2015 Opplærings- og helseutvalet 29.09.2015 Strategiplan

Detaljer

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging Vinje kommune Rådmannen FYLKESMANNEN I TELEMARK Postboks 2603 3702 SKIEN Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato ANDERSSA 2016/1637 9709/2017 SA5 26.04.2017 Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune

Detaljer

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal Plan for arbeid med kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2010-2014 Kompetanse og kvalitet høyrer framtida til. Som aktiv medspelar satsar Møre og Romsdal fylke på framtida, for det er der

Detaljer

Foreldremøte hausten Fråvær. Vurdering. Varsel. Eksamen. Dokumentasjon. Klagerett.

Foreldremøte hausten Fråvær. Vurdering. Varsel. Eksamen. Dokumentasjon. Klagerett. Foreldremøte hausten 2019 Fråvær. Vurdering. Varsel. Eksamen. Dokumentasjon. Klagerett. Fråvær Alt fråvær skal i utgangspunktet førast på dokumentasjon. Sjukefråvær. Timar hjå medisinsk helsepersonell.

Detaljer

Vedlegg: saksframlegg høring læremiddel.doc; vedak ophe.doc

Vedlegg: saksframlegg høring læremiddel.doc; vedak ophe.doc Fra: Birthe Haugen [Birthe.Haugen@post.hfk.no] Sendt: 17. januar 2007 16:08 Til: Postmottak KD Kopi: Svein-Erik Fjeld; Inger Øvsthus-Tønder Emne: Høring - endringer i opplæringsloven og friskoleloven -gratis

Detaljer

TILSYNSRAPPORT. Skulens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa. Fyresdal kommune - Gimle skule

TILSYNSRAPPORT. Skulens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa. Fyresdal kommune - Gimle skule Fyresdal kommune ved rådmann Ketil Kiland 3870 Fyresdal TILSYNSRAPPORT Skulens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa Fyresdal kommune - Gimle skule 1 Innhald 1. Innledning... 3 2. Om tilsynet med

Detaljer

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/10160-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Opplærings- og helseutvalet 11.02.2014 Fylkesutvalet 30.01.2014 Høyring Forslag

Detaljer

Utviklingsplan

Utviklingsplan 1 Utviklingsplan 2016 2017 2 Skulen sin visjon og pedagogisk plattform Visjon «Framtidsyrke med fagleg styrke» Pedagogisk plattform mangfald og meistring omsorg for alle yrkesfag og framtid verdifulle

Detaljer

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon Hovudtema: Kompetanse og motivasjon 1. Arbeid med å konkretisere nasjonale læreplanar er ein kontinuerleg prosess ved skolen 2. Lærarane forklarer elevane kva

Detaljer

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/416-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 07.02.2017 Høyring- endringar i opplæringslova Direkte

Detaljer

Rogaland fylkeskommune. Opplæringsavdelingen

Rogaland fylkeskommune. Opplæringsavdelingen Rogaland fylkeskommune Opplæringsavdelingen Fylkeskommunale retningslinjer for vurdering 2010 2 FORORD Formålet med disse fylkeskommunale retningslinjene om vurdering er todelt: For det første skal de

Detaljer

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017 Stab FYLKESMANNEN I MØRE OG ROMSDAL Postboks 2520 6404 MOLDE Saksnr Arkiv Dykkar ref Avd /sakshandsamar Dato 2018/573 A20 DOK 28.05.2018 K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017 Vedlagt fylgjer

Detaljer

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016 OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/9089-2 Saksbehandlar: Ragnhild Ravna Skjærvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 04.02.2016 Utval for opplæring og helse 10.02.2016 Tiltaksplan

Detaljer

Torsdag 31.oktober 2013 FAGSAMLING OM SKULE

Torsdag 31.oktober 2013 FAGSAMLING OM SKULE Torsdag 31.oktober 2013 FAGSAMLING OM SKULE Sentrale hensyn bak bestemmelsene (frå udir sin gjennomgang) Ivareta søkernes rettssikkerhet Likere praksis Hindre usaklig forskjellsbehandling Prioritet i inntaket

Detaljer

Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde

Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde Sogn og Fjordane Prosjektleiarane Sissel Espe og Inger Marie Evjestad Frå Ny GIV til Gnist Auka gjennomføring i vidaregåande opplæring Prosjektkoordinator Ny GIV Sissel Espe

Detaljer

TILSYNSRAPPORT. Skolens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa. Kvinnherad kommune Rosendal ungdomsskule

TILSYNSRAPPORT. Skolens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa. Kvinnherad kommune Rosendal ungdomsskule TILSYNSRAPPORT Skolens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa Kvinnherad kommune Rosendal ungdomsskule 1 Innhald 2. Tilsyn... 3 2.1 Fylkesmannens tilsynsheimel... 3 2.2 Tema for tilsyn... 3 2.3

Detaljer

TILSYNSRAPPORT. Skolens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa. Valle kommune - Hylestad skule. Til: Valle kommune VÅR REFERANSE: 2017/182

TILSYNSRAPPORT. Skolens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa. Valle kommune - Hylestad skule. Til: Valle kommune VÅR REFERANSE: 2017/182 TILSYNSRAPPORT Skolens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa Valle kommune - Hylestad skule Til: Valle kommune VÅR REFERANSE: 2017/182 KONTAKTPERSON I KOMMUNEN: Skulefagleg ansvarleg Henry Tore

Detaljer

System for verksemdsbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skolane. Opplæringsdirektøren Februar 2011

System for verksemdsbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skolane. Opplæringsdirektøren Februar 2011 System for verksemdsbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skolane Opplæringsdirektøren Februar 2011 Forord Hordaland fylkeskommune utarbeidd i 2009 eit system for korleis skolane sjølv kan

Detaljer

Opplæring av faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter

Opplæring av faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/862-15 Saksbehandlar: Trond-Harald Alvær Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 09.09.2014 Opplærings- og helseutvalet 16.09.2014 Opplæring

Detaljer

STANDPUNKTKARAKTER 2016

STANDPUNKTKARAKTER 2016 Fylkesmannen i Rogaland STANDPUNKTKARAKTER 2016 Rettleiing ved behandling av klage i grunnskolen 1 1 Innhald 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Skjema...

Detaljer

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss VURDERING fordi vi stiller krav og vi bryr oss 3 Helsing frå rektor INNHALD Helsing frå rektor Side 3 Skulen sin visjon Side 4 Kva handler vurdering om Side 5 Dette har du som elev plikt til Side 6 Dette

Detaljer