Motsegn til reguleringendring for Strandvik industriområde i Fusa kommune - fråsegn frå Direktoratet for Naturforvaltning
|
|
- Solbjørg Christoffersen
- 7 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Miljøverndepartementet Postboks 8013 Dep 0030 Oslo Dykkar ref.: Vår ref. (oppgje ved svar): Dato: 2012/1447 NAK-AP-GE Arkivkode: 725.1/1241 Motsegn til reguleringendring for Strandvik industriområde i Fusa kommune - fråsegn frå Direktoratet for Naturforvaltning Med grunnlag i generelle strandsoneomsyn og støtte i dei statlege planretningslinene for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen og naturmangfoldlova, tilrår Direktoratet for naturforvaltning (DN) at motsegna til Fylkesmannen i Hordaland vert tatt til følgje. Presset på strandsona gjer at det er viktig med ein streng og konsekvent praksis når det gjeld storleiken på naust. Eventuelle unntak knytta til næringsverksemd må dokumenterast. Omsynet til presedens blir tillagt stor vekt i denne saka. Direktoratet for Naturforvaltning(DN) viser til brev frå Miljøverndepartementet(MD) datert med planmateriale lagt ved, samt møte og synfaring med deltaking frå Fusa kommune, Fylkesmannen i Hordaland, MD, DN, grunneigarar og andre interessentar i saka. DN går ut frå at fakta i saka i all hovudsak er kjend, og omtalar difor saka i korte trekk. Bakgrunn for saka: Saka gjeld eit naustområde i Strandvik i Fusa kommune. Planområdet inneheld fleire naust, og motsegna er i hovudsak knytt til eit stort naust med grunnflate på 105 m 2. Naustet er vist som lager på plankartet. Vidare er det fremma motsegn til naustet lengst aust i planområdet, fordi det er lokalisert så tett opp til eit strandområde utan inngrep. Ifølgje føresegnene til reguleringsplanen, skal bruksareal for naust ikkje overstiga 40 m 2. Planutvalet i Fusa kommune godkjente i 2007 ei mindre vesentlig reguleringsendring for et større naust utan høyring. Grunneigaren fekk dermed godkjent byggetillatelse for eit nytt naust på 105 m 2 og reiv det eksisterande på 48 m 2. Fylkesmannen vart gjort merksam på saka og klagde på vedtaket grunna feil sakshandsaming. Saka vart teke opp att i 2008 som ei vesentleg reguleringsendring i samsvar med plan- og bygnigslova av Planframlegget vart lagt ut til offentlig ettersyn sommaren 2009, og miljøvernavdelinga hos fylkesmannen kom da med motsegn til planforslaget. Besøksadresse: Tungasletta 2 Postadresse: Postboks 5672 Sluppen N-7485 Trondheim Telefon: Telefaks: Videokonf: Internett: E-post: Postmottak@dirnat.no Sakshandsamar: Grete Elverum Telefon:
2 Meklingsmøte med synfaring vart halde i Fusa Meklinga førte ikkje fram, og reguleringsplanen vart eigengodkjent av kommunestyret og sendt til Miljøverndepartementet for stadfesting Overordna plangrunnlag: I gjeldande kommuneplan for Fusa kommune vedteken er aktuelt område avsett til naustområde. Nærmare om motsegna frå miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen: Motsegna frå fylkesmannen gjeld to naust i planområdet. Det er storleiken på næringsnaustet med ei grunnflate på 105 m 2, som fylkesmannen fremjar motsegn til. Naustet er regulert til næringsformål, men ettersom det er ikkje sannsynleggjort at nausteigaren har eit næringsmessig behov, vil bygget i følgje fylkesmannen i realiteten vere eit naust til fritidsformål. Fylkesmannen har konsekvent hatt motsegn til planar som legg opp til større fridtidsnaust enn det tilrådde i rettleiaren Råd om planlegg og forvaltning av strandsona i Hordaland, utarbeid av Fylkesmannen og Hordaland fylkeskommune i Miljøvernavdelinga kan ikkje sjå at det er dokumentert eit særskilt behov som tilseier at norma bør fravikast og meiner at båtar som er for store til å oppbevarast i vanlege naust, må vinterlagrast på andre måtar. Når det gjeld naustet lengst aust i planområdet, ønskjer fylkesmannen at det vert vurdert ei anna plassering ettersom naustet er lokalisert så tett opp til eit strandområde utan inngrep. Vidare meiner fylkesmannen at plasseringa av naustet kan ha verke negativt på ålmenta sin ferdsel og opphald i området. Plasseringa gjer at det kan bli nødvendig med ei terrengtilpassing som utfylling eller sprenging. Fusa kommune si vurdering: Fusa kommune legg vekt på at grunneigaren har ytt svært mykje til fellesskapet, gjennom mellom anna å ha avstått areal til industriområde og næringsareal. Kommunen viser og til prinsippet om kommunalt sjølvstyre, samt at to kommunestyre har gått inn for å vedta planen med eit naust på 105 m 2. Merknader frå fylkeskommunen: Hordaland fylkeskommune har uttalt seg til saka i brev av Fylkeskommunen rår til at det store naustet i planområdet vert regulert som næringsareal. DN si vurdering og tilråding: DN har eit særskilt ansvar når det gjeld ivaretaking av naturmangfald, friluftsinteresser og landskap i plansaker. Vår fråsegn er derfor knytt til desse interessene. Strandsona er attraktiv både til boligformål, næringsverksemd, fritidsbygg og friluftsliv, og ho er under stort press. På grunn av dei store bruks- og verneinteressene som er knytt til 100-metersbeltet langs sjøen er god planlegging viktig for å samordna dei interessene som gjer seg gjeldande. Kommunane har eit ansvar for å sette den nasjonale strandsonepolitikken ut i livet og sjå til at den vert lokalt tilpassa i arealplanane. Dette er og presisert i nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging, gitt i medhald av plan- og bygningsloven 6-1. Det heiter her at regjeringa forventar at 2
3 kommunane vurderer arealbruken i strandsona langs sjøen i eit heilskapleg og langsiktig perspektiv, og at det blir tatt særleg omsyn til dei natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser. At strandsona skal takast vare på som eit natur- og friluftsområde tilgjengeleg for alle, er det også gitt føringar for i St. meld. nr. 26 ( ). Spørsmål om bygging i 100-metersbeltet langs sjøen skal og vurderast etter dei prinsipp og omsyn som går fram av statlege planretningsliner for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen, vedtatt ved kgl.res. 25. mars Føremålet med retningslinene er å tydeleggjere nasjonal arealpolitikk i 100-metersbeltet langs sjøen innanfor ramma av plan- og bygningsloven. Målet er å ivareta allmenne interesser og unngå uheldig bygging langs sjøen. Det skal gjennomførast ei sterkare geografisk differensiering, der praktiseringa av byggjeforbodet i 100-metersbeltet er strengast i sentrale område der presset på areala er stort. Kystkommunene er i retningslinene delt inn i tre hovudkategoriar med ulike føringar, og Fusa kommune er plassert i kategorien Områder med mindre press på arealene. For desse områda er det gitt nærare retningsliner i pkt 7.2. Etter punkt 7.2 gjeld byggeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen etter plan- og bygningsloven 1-8 generelt. 100-metersbeltet er av nasjonal interesse, og bygging skal bare tillatast etter ei konkret vurdering ut frå dei lokale forholda. I områder utan press vil det vere enklare for kommunane og gi løyve til å byggja enn i områder der presset er stort. Naturmangfaldlova trådde i kraft 1. juli 2009 og vart samstundes gjort gjeldande for all planlegging som vedkjem naturmangfaldet, også planlegging som då var i gong. Etter naturmangfaldlova 7 skal prinsippa i 8-12 leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg mynde som omhandlar naturmangfald, og vurderinga og vektlegginga skal gå fram av vedtaket. Vi registrerer at prinsippa i naturmangfaldlova ikkje er omtala eller vurdert i saksutgreiinga eller ved vedtak av planen. DN har i samband med vår sakshandsaming gjort søk i Naturbasen og i Artskart i Artsdatabanken, for å fange opp eventuell nyare kunnskap. Det kjem ikkje fram at det er registrert prioriterte artar, trua eller nær trua artar på Norsk rødliste for artar 2010 eller andre verdifulle artar. Det er heller ikkje registrert utvalte naturtypar eller trua eller nær trua naturtypar på Norsk rødliste for naturtypar 2011 eller andre verdifulle naturtypar i planområdet. Vi har heller ikkje opplysningar i saka som skulle tyde på at det kan vere slike artar eller naturtypar i planområdet som ikkje er fanga opp av ovannemnte registreringar. Planforslaget vil dermed heller ikkje kome i konflikt med slike naturtypar eller arter. Det ikkje gjort noko landskapskartlegging i dette området. Landskapet består ifølgje skildringa til reguleringsplanen i hovudsak av svaberg med lyng, grasmark og kratt i bakkant. Dette vart og bekrefta da vi var på synfaring. Nausta i planen vil i all hovudsak bli godt tilpassa terrenget og landskapet i området. Når det gjeld bygninga på 105 m 2 som er vist som lager i reguleringsplanen vil høgda og storleiken gjere at bygget framstår som ruvande i landskapet både på nært hald og frå lengre avstandar. Landskapsmessig vil oppføring av lagerbygninga endre områdets karakter betrakteleg. Bygget vil etter DN sitt syn opplevast som eit brot med den karakteristiske naustbebyggelsa og ha en dominerande effekt i landskapet. Naustet lengst aust i planområdet er lokalisert og eit stykke ut i sjøen, bakom eit gruntområde. Det er plassert mot grensa til eit friluftsområde som ligg som eit belte på ca 100 meter mot det statleg sikra friområdet Skjelavikjo. Plasseringa av naustet kan ha ei negativ påverknad på ålmenta sin ferdsel og 3
4 opphald i området. Plasseringa gjer og at det kan bli nødvendig med ei terrengtilpassing i form av utfylling eller sprenging, noko som vil påvirke svaberga som er viktige element i landskapet. Desse opplysningane gjer at DN finn kravet i naturmangfoldloven 8 om at saka i hovudsak skal byggje på eksisterande og tilgjengeleg kunnskap er oppfylt. Det ligg etter vår meining føre tilstrekkeleg kunnskap om naturmangfaldet som blir påverka og planen sin effekt på dette. Føre-var prinsippet i naturmangfoldloven 9 får derfor liten vekt i denne saka. Når det gjeld friluftsliv, så er bygningsmassen i planområdet i all hovudsak tilpassa slik at området framstår som tilgjengeleg for ålmenta. Området Vetle Skjelavikjo vert i dag brukt noko til bading og opphald. På austsida av planområde ligg det eit belte på 100m som er avsett til friluftsområde, som igjen grensar opp Skjelavikjo, eit statlig sikra friområde. Dette er ein badeplass med badefjøre og svaberg, som er tilrettelagt med stig og benkar. På synfaringa fekk vi opplyst at dette området vert mye brukt til bading og opphald. Reguleringsplanforslaget innheld fleire små naust som er avsett til dette føremålet og eit større bygg på 105 m 2 som er avsett som lager i reguleringsplanen. På synfaring vert det opplyst at bygninga skulla nyttast til naust og ikkje lager. Eigaren ønskjer å lagre båten sin i lageret. Han har ikkje sannsynleggjort eit næringsmessig behov ut over dette. Sjølv om nåverande eigar ønskjer å nytte lagerbygninga til oppbevaring for båten sin, vil det vere mogleg å nytte bygninga til lagring av andre ting så lenge den er avsett til næring. Dei begrensningane som går fram av føresegnene er at lageret ikkje skal innreiast til varig opphald eller gjevast bruksendring til fritidsbustad/hyttenaust/rorbu. Det er ikkje ønskeleg med ei lagerbygning i strandsona, så lenge det ikkje kan dokumenterast særskilt behov for dette. Ifølgje retningslinene for strandsona punkt 7.2 kan det være grunnlag for å tillata visse tiltak nær sjøen som for eksempel bryggjer, naust, næringstiltak og sjøretta reiselivsanlegg. Eit lager vil derimot ha ein annan funksjon, og dersom ein ønskjer eit lager bør det flyttast mot næringsområde eller trekkjast ut av strandsona. DN legg derfor til grunn at det i realiteten dreier seg om et naust som bør visast som naust på plankartet og storleiken må reduserast. I føresegnene til kommuneplanen for Fusa kommune heiter det at maksimal storleik på naust er 40 m 2 T-BRA. Dette er også videreført i reguleringsplanen 1-2 som seier at nausta sitt bruksareal ikkje skal overstiga 40 m 2. Fylkesmannen i Hordaland har konsekvent hatt motsegn til planar som legg opp til større fritidsnaust enn det tilrådde i rettleiaren Råd om planlegging og forvaltning av strandsona i Hordaland som seier at tillate bruksareal for naust skal vera mindre enn 40 m 2. Fylkesmannen har dei siste åra kravd at retningslinene vert innarbeidd i kommuneplanar og i nye reguleringsplanar for naustområde. DN ser dette som ein god måte å sikre at den nasjonale strandsonepolitikken blir gjennomført lokalt. Presset på strandsona er stort, og gjennom å legge rettleiaren til grunn kan kommunen få innpassa byggeverksemd som naturleg høyrer heime i stranda på ein god måte. DN finn støtte for dette i dei statlege planretningslinene pkt 7.2 som seier at det kan vere grunnlag for å tillate visse tiltak nær sjøen som til eksempel bryggjer, naust og næringstiltak. Vidare seier dei same retningslinene at alternative plasseringar bør vurderast og velgast dersom det er mogleg. Dei statlege planretningslinene seier og at moglegheita for fritidsfiska skal ivaratakast gjennom oppføring av bryggjer og naust. DN meiner at naust på inntil 40 m 2 ivaretek denne interessa. 4
5 Samla sett vil omsynet til økosystem, naturtypar og artar ha liten vekt her. Når det gjeld landskap er prinsippet om samla belastning vurdert og tillagt vekt i saka, jf. naturmangfaldlova 10. DN viser til at nausta er foreslått lokalisert til eit område uten inngrep, og at det så langt vi kjenner til ikkje ligg føre andre plana eller tiltak som medfører inngrep i det aktuelle området. Den samla belastninga på landskapet er derfor primært knytta til planforslaget og da særleg til verknaden av lagerbygninga. For å unngå eller avgrense skader på naturmangfaldet skal det tas utgangspunkt i slike driftsmetodar og slik teknikk og lokalisering som, ut frå ein samla vurdering av tidlegare, nåverande og framtidig bruk av naturmangfaldet og økonomiske forhold, gir beste samfunnsmessig resultat, jf. naturmangfaldlova 12. Føremålet med retningslinene er at forvaltninga finn fram til løysingar som er til det beste for samfunnet. Dersom ein ønskjer eit naust/lager på 105 m 2 bør bygget etter DN sitt syn trekkast ut av strandsona eller plasserast i næringsområdet vest for planområdet. DN meiner at ein bør sjå på heile planområdet i samanheng når storleiken på naustet på 105 m 2 vert redusert. Ein må da sjå om det er mogleg med ei anna plassering av naustet lengst aust, som gjer at det går an for ålmenta å ferdast langs sjøen over friluftsområdet og bort til friområdet eller opphalde seg i området. Dette vil vera i tråd med dei statlege planretningslinene for differensiert forvaltning av stransona punkt 7.2 som i områda med mindre press seier at der det tillates bygging, bør omsynet til andre interesser ivaretas best mogleg. Det er viktig at omsyna til ferdsel og landskap blir tekne vare på når ein åpnar for bygging i strandsona. Vidare seier retningslinene at alternative plasseringsmogleigheiter bør vurderast og velgjast dersom det er mogleg. Ei plassering av naustet lengst aust som gjer at sprenging eller utfylling av svaberget ikkje er nødvendig, vil og vera i samsvar med naturmangfaldlova 12 og prinsippet om beste miljømessige lokalisering. Ifølgje planforslaget er det ikkje grunnlag for å pålegge tiltakshavar å dekke kostnader for å avgrense skade på naturmangfaldet. Naturmangfoldloven 11 blir derfor ikkje vurdert nærare. Omsynet til presedens må tilleggast stor vekt i denne saka.. Presset på strandsona gjer at det er viktig med ein streng og konsekvent praksis når det gjeld storleiken på naust. Båtar som er for store til å oppbevarast i vanlege naust må vinterlagrast på anna måtar. Storleiken på båten nausteigaren til en kvar tid har, er ikkje eit moment som skal verke inn på kva for bygningar som skal kunna byggast i strandsona. Grunneigaren hadde tidligere et naust på 48 m 2 i planområdet der lageret no ligg. Dette naustet vart rive i samband med at han fekk løyve av kommunen til å oppføra eit større naust. DN meiner derfor at det i denne konkrete saka vil vere rimeleg at han får byggja opp eit naust med samme storleik som det som vart rive. 5
6 Oppsummering/konklusjon: Med grunnlag i generelle strandsonehensyn og støtte i dei statlege planretningslinene for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen og naturmangfoldlova 10 om samla belastning og 12 om beste miljømessige plassering, tilrår DN at motsegna vert tatt til følgje. Presset på strandsona gjer at det er viktig med ein streng og konsekvent praksis når det gjeld storleiken på naust som ikkje er knytta til næring. Omsynet til presedens blir tillagt stor vekt i denne saka. Med helsing Direktoratet for naturforvaltning Elektronisk dokumentert godkjenning, utan underskrift Janne Sollie direktør Reidar Dahl avdelingsdirektør Kopi til: Fusa kommune Postboks Eikelandsosen Fylkesmannen i Hordaland Postboks Bergen Hordaland fylkeskommune Postboks Bergen 6
DET KONGELEGE MILJØVERNDEPARTEMENT
DET KONGELEGE MILJØVERNDEPARTEMENT Fylkesmannen i Hordaland Postboks 7310 5020 BERGEN Statsråden FYLK..1ANNirN SAKS1i2i: i!arkivnr: MOTTATT DAi 0: 7 o.l 3BH: TA DATO: LN Llip.D.REF.: Dykkar ref Vår ref
DetaljerInnsigelse til reguleringsplan for Risøy hyttefelt i Lindås kommune
Statsråden Fylkesmannen i Hordaland Postboks 7310 5020 Bergen Deres ref Vår ref Dato Innsigelse til reguleringsplan for Risøy hyttefelt i Lindås kommune Miljøverndepartementet viser til brev fra fylkesmannen
DetaljerMotsegn til reguleringsplan for Rv. 49 Vikøy Nordheimsund Vikøyevjo i Kvam Herad
Statsråden Fylkesmannen i Hordaland Postboks 7310 5020 BERGEN Deres ref Vår ref Dato 2008/10897 421.4 201001696-/HDA Motsegn til reguleringsplan for Rv. 49 Vikøy Nordheimsund Vikøyevjo i Kvam Herad Miljøverndepartementet
DetaljerAustevoll kommune Reguleringsplan for Melingsvågen. Motsegn frå fylkesmannen mot søre del av planen.
Statsråden Fylkesmannen i Hordaland Kommunal- og samordningseininga Pb 7310 5020 BERGEN Dykkar ref Vår ref Dato 2009/12217 2009/3401- KO Austevoll kommune Reguleringsplan for Melingsvågen. Motsegn frå
DetaljerTysnes kommune - Hordaland - motsegn til områderegulering for Våge sentrum - vedtak
Statsråden Fylkesmannen i Hordaland Postboks 7310 5020 BERGEN Dykkar ref 2012/15371 Vår ref 16/3750-14 Dato 20.07.2017 Tysnes kommune - Hordaland - motsegn til områderegulering for Våge sentrum - vedtak
DetaljerStrandsoneforvaltning
minne Strandsoneforvaltning Biologisk mangfald Biologisk mangfald Friluftsliv Landskap Kulturminne Gunn Tove Nyheim 1-8 i plan- og bygningsloven - Byggeforbodet i 100-metersbeltet langs sjø vart skjerpa
DetaljerFrøya kommune innsigelse til reguleringsplan for del av gnr 16 bnr 2, Kverva
Statsråden Fylkesmannen i Sør-Trøndelag Postboks 4710 Sluppen 7468 TRONDHEIM Deres ref Vår ref Dato 2009/756-421.4 201002530- /MT Frøya kommune innsigelse til reguleringsplan for del av gnr 16 bnr 2, Kverva
DetaljerKommuneplan for Selje Avgjerd i motsegnsak
Statsråden Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Njøsavegen 2 6863 LEIKANGER Dykkar ref Vår ref 18/304-9 Dato 6. juli 2018 Kommuneplan for Selje 2017-2029. Avgjerd i motsegnsak Kommunal- og moderniseringsdepartementet
DetaljerSamordna uttale til detaljregulering for Uggdal bustadområde - gnr. 66, bnr. 4, 6, 101 mfl.
Sakshandsamar, telefon Jan Vidar Voster, 5557 2034 Vår dato 13.12.2017 Dykkar dato 15.11.2017 Vår referanse 2015/14985 421.4 Dykkar referanse 16/47 Tysnes kommune Rådhuset 5685 Uggdal Samordna uttale til
DetaljerReferanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Avslag på søknad om dispensasjon - gbnr 38/2 frådeling av tomt for 2 naust Refskar
M el an d komm u ne Se-Arkitektur AS Wernersholmvegen 49 5232 PARADIS Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl 27.08.2019 Vår: 19/1525-19/17939 larissa.dahl@meland.kommune.no Avslag på søknad
DetaljerSaksprotokoll. Kommunestyret Sak: 34 / 19. Tittel: Saksprotokoll - Reguleringsplan Botn, Hafslo PlanID Arkivsak: 16 / 1729
Saksprotokoll Kommunestyret 13.06.2019 Sak: 34 / 19 Tittel: Saksprotokoll - Reguleringsplan Botn, Hafslo PlanID 1426-2016004 Arkivsak: 16 / 1729 Behandling: Merknad frå adv. Johannes Hauge på vegner av
DetaljerRadøy kommune Saksframlegg
Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 013/2017 Hovudutval for plan, landbruk og teknisk PS 29.03.2017 012/2017 Kommunestyret i Radøy PS 30.03.2017 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Rolf
DetaljerKommuneplan i Førde kommune - motsegn til utbyggingsområde for fritidsbustader BFR1-3 Digernes Bruland.
Statsråden Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Njøsavegen 2 6863 LEIKANGER Deres ref Vår ref Dato 15/3136-12 18.12.2015 Kommuneplan i Førde kommune - motsegn til utbyggingsområde for fritidsbustader BFR1-3
DetaljerSula kommune - motsegn til arealdelen av kommuneplanen
Statsråden Fylkesmannen i Møre og Romsdal Fylkeshuset 6404 MOLDE Deres ref Vår ref Dato 16/3039-15 03.04.2017 Sula kommune - motsegn til arealdelen av kommuneplanen 2013-2023 Saka er sendt i brev frå Fylkesmannen
DetaljerSAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE
SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE Utval Møtedato Saknr Komite Forvaltning 09.06.2016 055/16 Etne kommunestyre 21.06.2016 055/16 Sakshandsamar: Arkiv: Arkivsaknr Roar Bævre PlanID - 201406, GNR - 032/143, N -
DetaljerSaksframlegg. Kvinnherad kommune. 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen - Jan Helge Pile
Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2017/3067-8 Hilde Kjelstrup Saksgang Saksnr Utval Møtedato Forvaltningskomiteen 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508
1 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508 Eirik N. Walaker, eigar av gnr. 176, bnr. 4, i Solvorn. Klage frå advokat Johannes Hauge over avslag på søknad om
DetaljerSakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Marianne Aadland Sandvik Gbnr-38/71, FA-L42 19/1236 Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS 15.10.2019 Klage - GBNR 38/71- Klage på avslag
DetaljerVår dato Dykkar d
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE Sakshandsamar: Ove Midtbø Telefon: 57 65 51 24 E-post: omi@fmsf.no Vår dato 10.01.2011 Dykkar d Vår referanse 2010/14783-423 1 KVJI it.å.ffrommune Prosjekt Konsult Kvinnherad
DetaljerVANYLVEN KOMMUNE Servicetorget
VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget Planleggar Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/24 1872/2014 / 141 SER / AARRAN 31.03.2014 MELDING OM VEDTAK Kommuneplan til 2020 - Arealdelen. Vurdering
DetaljerSaksframlegg. Kvinnherad kommune. 3.gongs behandling dispensasjon - 146/124 - naust - Sunde - Elna Marie Fludal
Saksframlegg Saksmappe 2016/4027-10 Saksbehandlar Torill Slåke Saksgang Saksnr Utval Møtedato Forvaltningskomiteen 3.gongs behandling dispensasjon - 146/124 - naust - Sunde - Elna Marie Fludal Innstilling
DetaljerSAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2015/1270. Utvalsaksnr Utval Møtedato 152/16 Formannskapet /16 Kommunestyret
Utviklingsavdelinga SAKSPROTOKOLL Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2015/1270 Arkiv: L12 Utvalsaksnr Utval Møtedato 152/16 Formannskapet 16.08.2016 127/16 Kommunestyret 25.08.2016 DETALJREGULERINGSPLAN FOR
DetaljerSaksutgreiing til folkevalde organ
Side 2 av 6 Saksutgreiing til folkevalde organ Dato: Arkivref: 03.10.2018 2018/318 24067/2018 / 504 Saksbehandlar: Linda Djuvik 53423156 linda.djuvik@bomlo.kommune.no Sak nr i møte Utval Møtedato 139/18
DetaljerNy strandsonerettleiar for Hordaland. Plannettverk 30. mai 2013 Eva Katrine Ritland Taule
Ny strandsonerettleiar for Hordaland Plannettverk 30. mai 2013 Eva Katrine Ritland Taule Regional strandsonerettleiar Innhald: * Nasjonale og regionale premissar *Strandsoneverdiar *Metodikk funksjonell
DetaljerHØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN
Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Saksnr. Møtedato Sakshandsamar FORMANNSKAP 042/09 01.09.2009 ROLSU Avgjerd av: Solund kommunestyre Arkiv: K1-113, K3- &13 Objekt: Arkivsaknr 09/380 HØYRING
DetaljerDetaljregulering for Nedre Skjørsand fritidsanlegg - Høyring og offentleg ettersyn 1. gongs handsaming
Sakshandsamar: Helle Holte Bruland Arkivsaksnr: 16/1076 Journalpostnr: 16/11116 Styre, råd, utval Sak nr Møtedato Utval for plan og miljø 073/2016 29.09.2016 Ungdomsrådet 045/2016 26.09.2016 Råd for seniorar
DetaljerSkodje kommune Teknisk avdeling
Skodje kommune Teknisk avdeling Sak 85/15 Arkivsak nr: 14/1944 Arkiv: Sakshandsamar: Ingunn Stette Sak nr Utval Møtedato 69/15 Det faste planutvalet 14.10.2015 85/15 Kommunestyret 20.10.2015 REGULERINGSPLAN
DetaljerLøyve til motorferdsel med helikopter i Folgefonna nasjonalpark og Buer landskapsvernområde - Norges geologiske undersøkelser
Postadresse Folgefonna Nasjonalparkstyre Postboks 7310 5020 Bergen Besøksadresse Fjordglytt Skålafjæro 17 5470 Rosendal Kontakt Sentralbord +47 55 57 20 00 Direkte: +47 55 57 21 35 fmhopostmottak@fylkesmannen.no
DetaljerHANDSAMING AV DISPENSASJON - 66/1 - GJENOPPBYGGING AV NAUST, HUGLO
Arkivref: 2013/2909-324/2014 Saksh.: Anne-Lise Næs Olsen Saksnr Utval Møtedato 11/14 Forvaltningsstyret 30.01.2014 HANDSAMING AV DISPENSASJON - 66/1 - GJENOPPBYGGING AV NAUST, HUGLO Framlegg til vedtak:
DetaljerSakspapir. Saknr Utval Type Dato 067/2018 Formannskapet PS
Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Sveinung Toft FA - L12, FA - L21, PlanID - 126620030001, PlanID - 126620170002 17/1158 Saknr Utval Type Dato 067/2018 Formannskapet PS 29.08.2018 1. gangs framlegg
DetaljerHARAM KOMMUNE Sakspapir
HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Fast utval for plansaker 13.12.2012 055/12 Per Langnes Avgjerd av: Fast utval for plansaker Arkiv: L12 Arkivsaknr 12/806 Fv. 659 - Nordøyvegen - Delområde
DetaljerØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat
ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat Albert Norbert og Christiane Altmann Saksnr Løpenr. Saksansvarleg Arkiv Dato 2013/1271 2858/2014 WANGEN 123/7 05.03.2014 MELDING OM VEDTAK I SAMFUNNSUTVALET 04.03.14,
DetaljerSaksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 034/17 Plan- og. PS samfunnsutvalet 083/17 Bystyret PS
Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 034/17 Plan- og PS 19.09.2017 samfunnsutvalet 083/17 Bystyret PS 03.10.2017 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Heidi Dyrøy ARP - 20160106, K2 - L12 15/2600 Privat detaljreguleringsplan
DetaljerVår ref. 2012/3363-12. Særutskrift - 210/3 - rehabilitering/tilbygg naust - Fjelberg - Atle Reidar Aasbø
Fellestenester Politisk sekretariat «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www. kvinnherad.kommune.no
DetaljerSaksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 012/19 Plan- og. PS samfunnsutvalet 030/19 Bystyret PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID
Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 012/19 Plan- og PS 14.05.2019 samfunnsutvalet 030/19 Bystyret PS 21.05.2019 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Heidi Dyrøy K2-L12, PlanId-20170101, PlanNavn-Joneset, gbnr
DetaljerArealdelen til kommuneplanen , grunnlagsdokument 4, vurdering av innspel om område for fiskebuer og naust
VURDERING AV INNSPEL OM NAUST OG FISKEBUER Arealdelen til kommuneplanen 2012-2024, Saksopplysningar/Vurderingar: Kommunen har motteke 3 innspel om naust til kommuneplanarbeidet, og innspel om fiskebuer.
DetaljerFOLGEFONNA NASJONALPARKSTYRE
FOLGEFONNA NASJONALPARKSTYRE Hattebergsdalen landskapsvernområde Ænesdalen landskapsvernområde Bondhusdalen landskapsvernområde Buer landskapsvernområde Kvinnherad Energi AS Vikjo 7 5464 DIMMELSVIK Att:
DetaljerUtval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /114 Kommunestyret /4
Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2008/2164 Løpenr.: 13211/2017 Arkivkode: 136/117 Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 21.06.2017 17/114 Kommunestyret 18.01.2018 18/4
DetaljerMelding om vedtak. HOVDEN FJELLSTOGE AS Postboks HOVDEN I SETESDAL. 2017/369-3 Ingunn Hellerdal
HOVDEN FJELLSTOGE AS Postboks 73 4756 HOVDEN I SETESDAL 2017/369-3 Ingunn Hellerdal ingunn.hellerdal@bykle.kommune.no 23.06.2017 Melding om vedtak Hovden Fjellstoge - 2. gongs handsaming og endeleg vedtak
DetaljerKommunen skal vidare legge vekt på kunnskap som er basert på lokalkunnskap og erfaringar gjennom bruk av naturen.
KU Geithei Naturmangfaldlova tredde i kraft 1. juli 2009. Sentrale prinsipp i lova skal leggast til grunn ved utøving av mynde etter naturmangfaldlova og annan lov, slik som lov om motorferdsel i utmark
DetaljerSaksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon og igangsetjingsløyve - 234/16 - hyttenaust - Høylandsbygd - Elisabeth og Harald Hammerseth
Saksframlegg Saksmappe 2016/2575-17 Saksbehandlar Hilde Kjelstrup Saksgang Saksnr Utval Møtedato Forvaltningskomiteen Behandling dispensasjon og igangsetjingsløyve - 234/16 - hyttenaust - Høylandsbygd
DetaljerINNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND
Plan- og næringsavdelinga Norges vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091 Majorstuen 0301 OSLO Dykkar ref.:201801666-33 Vår ref.: 2018000824-10/2018016181 Arkiv: N - 658 Dato: 07.11.2018 INNSPEL OM
DetaljerSakspapir. SAKSGANG Utval Møtedato Saknr Utval for Drift og Samfunnsutvikling (UDS) /18 Kommunestyret (KS)
Sakspapir SAKSGANG Utval Møtedato Saknr Utval for Drift og Samfunnsutvikling (UDS) 31.05.2018 062/18 Kommunestyret (KS) 13.06.2018 044/18 Arkiv: GBNR - 53/145, FA - L13, HistSak - 08/649, KOM - 1259, PLANID
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 101/19 Planutval Detaljregulering Øvre Geiskelid 1. gongs høyring (planid )
Saksmappe: 2019/440 Sakshandsamar: ALI Dato: 18.06.2019 SAKSFRAMLEGG Utv.saksnr Utvalg Møtedato 101/19 Planutval 24.06.2019 Detaljregulering Øvre Geiskelid 1. gongs høyring (planid 201906) Saksprotokoll
DetaljerSakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 90/2019 Utval for drift og utvikling PS
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Hanne Marie Evensen Gbnr-1/159, FA-L42 18/2335 Saksnr Utvalg Type Dato 90/2019 Utval for drift og utvikling PS 15.10.2019 GBNR - 1/159 - Søknad om dispensasjon
DetaljerVedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova 12-10, 11 og 12.
Sakshandsamar: Helle Holte Bruland Arkivsaksnr: 16/1368 Journalpostnr: 16/14462 Styre, råd, utval Sak nr Møtedato Utval for plan og miljø 075/2016 29.09.2016 Ungdomsrådet 043/2016 26.09.2016 Råd for seniorar
DetaljerKOMMUNALOG MODERNISERINGSDEPARTEMENT
I D DET KONGELEGE KOMMUNALOG MODERNISERINGSDEPARTEMENT ' Statsråden i Møre og Romsdal Fylkeshuset 6404 MOLDE Deres ref - motsegn Sula kommune Vår ref Dato 16/3039-15 03.04.2017 til arealdelen av kommuneplanen
DetaljerLøyve til motorferdsel med snøskuter til Sandvinsstølane ifolgefonna nasjonalpark. Delegert vedtak
Postadresse Folgefonna Nasjonalparkstyre Postboks 7310 5020 Bergen Besøksadresse Fjordglytt Skålagato 50 5470 Rosendal Kontakt Sentralbord +47 55 57 20 00 Direkte: +47 55 57 21 35 fmhopostmottak@fylkesmannen.no
DetaljerPlanomtale, detaljregulering for Grimeneset strand- og naustområde, reguleringsendring del av Gnr. 19, bnr. 3 og 12, Plan-ID:
Side 1 av 5 Planomtale, detaljregulering for Grimeneset strand- og naustområde, reguleringsendring del av Gnr. 19, bnr. 3 og 12, Plan-ID:1241200809 PROSJEKTADMINISTRASJON REGULERING - KOMMUNALTEKNISK PLANLEGGING
DetaljerSAKSPAPIR. SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Formannskapet /12 ANSA Kommunestyret
VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Formannskapet 24.01.2012 004/12 ANSA Kommunestyret 07.02.2012 005/12 ANSA Avgjerd av: Saksansv.: Anne Sofie Sandvik
DetaljerStrandsona i ny PBL. Eva Katrine Ritland Taule Opplæring ny plan- og bygningslov, Plandelen Terminus, 27. mai 2009
Strandsona i ny PBL Eva Katrine Ritland Taule Opplæring ny plan- og bygningslov, Plandelen Terminus, 27. mai 2009 1 Innhald 1-8 Strandsoneparagrafen 11-7 nr 6. Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhørende
DetaljerMelding om vedtak. Saka vart drøfta
«MottakerNavn» «Adresse» «Postnr» «Poststed» 2017/364-51 Rita Regbo Rita.Regbo@bykle.kommune.no 06.11.2017 Melding om vedtak Endring av detaljregulering Hovden høyfjellshotell og Hovdestøylen (planid 201502)
DetaljerSakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 92/2019 Utval for drift og utvikling PS
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Hanne Marie Evensen Gbnr-37/50, FA-L42 19/1477 Saksnr Utvalg Type Dato 92/2019 Utval for drift og utvikling PS 15.10.2019 GBNR 37/50 - Søknad om dispensasjon frå
DetaljerLøyve til motorferdsel Delegert vedtak
Postadresse Folgefonna Nasjonalparkstyre Postboks 7310 5020 Bergen Besøksadresse Fjordglytt Skålagato 50 5470 Rosendal Kontakt Sentralbord +47 55 57 20 00 Direkte: +47 55 57 21 35 www.nasjonalparkstyre.no/folgefonna/
DetaljerGodkjenning av Gbnr. 135/1 og 135/13 Botnen campingplass. Reguleringsplan
Arkivsak: 10/303 Løpenummer: 11/2928 Arkivkode: FA-L12, GNR-135/1, GNR-135/13 Saksbehandlar: Frank van den Ring Saksnummer Utval Møtedato 042/11 Hovudutval for plan og utvikling 12.05.2011 033/11 Kommunestyret
DetaljerSkodje kommune Teknisk avdeling
Skodje kommune Teknisk avdeling Sak 22/15 Arkivsak nr: 15/33 Arkiv: Sakshandsamar: Ingunn Stette Sak nr Utval Møtedato 22/15 Det faste planutvalet 18.03.2015 REGULERINGSENDRING FOR DEL AV DIGERNES NÆRINGSOMRÅDE
DetaljerReguleringsplan for Rindarøy (1547201404) - 1. offentlege ettersyn
Aukra kommune Arkivsak: 2014/820-13 Arkiv: L12 Saksbeh: Svein Rune Notøy Dato: 22.08.2014 Saksframlegg Utv.saksnr Utval Møtedato 58/14 Drift og arealutvalet 03.12.2014 Reguleringsplan for Rindarøy (1547201404)
DetaljerDelegert vedtak - Løyve til helikoptertransport i samband med sau i skårfeste - Buer landskapsvernområde og Folgefonna nasjonalpark
Postadresse Folgefonna nasjonalparkstyre Njøsavegen 2 6863 Leikanger Besøksadresse Folgefonnsenteret Skålafjæro 17 5470 Rosendal Kontakt Sentralbord +47 57 64 30 00 Direkte: +47 5557 2322 fmvlpost@fylkesmannen.no
DetaljerAustevoll kommune TILLEGGSINNKALLING
Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING Utval: UTVAL FOR PLAN OG BYGGESAK Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Møtedato: 27.01.2014 Kl. 17.15 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 55 08 10 00 Offentleg servicekontor.
Detaljero
2017/544-26 Karl Andreas Johannessen 05.12.2018 karl.andreas.johannessen@bykle.kommune.n o Melding om vedtak Reguleringsendring Gbnr 2/85 Plassestøylen 21 Planutvalet vedtok i møte 03.12 2018 (sak 127/18)
DetaljerHANDSAMING AV DISPENSASJONSSAK - 45/237 - REHABILITERING OG UTVIDING AV MOLO, SÆBØVEGEN 28
Arkivref: 2013/2896-18066/2013 Saksh.: Anne-Lise Næs Olsen Saksnr Utval Møtedato 43/13 Forvaltningsstyret 03.10.2013 HANDSAMING AV DISPENSASJONSSAK - 45/237 - REHABILITERING OG UTVIDING AV MOLO, SÆBØVEGEN
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.
Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet 22.06.2017 051/17 Kommunestyret 22.06.2017 Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. 17/535-2 Områderegulering for Erdal - oppstart
DetaljerSAKSDOKUMENT. Endring av reguleringsplan for veg og kai Straume Sør
Fjell kommune Arkiv: 504 Saksmappe: 01/03051-14 Sakshandsamar: Einar Lunde Dato: 15.11.01 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 313/01 Hovudutval for teknikk, natur og miljø 04.12.01 106/01 Kommunestyret
DetaljerSak - Breheimen nasjonalpark - Transport av ved til hytte ved Kollungstjønn og Haukberghytta - Skjåk JFL
Postadresse Postboks 987 2604 LILLEHAMMER Besøksadresse Skjåk utmarkssenter (v/skjåk Almenning), 2690 Skjåk og Luster kommune, Kommunehuset, 6868 Gaupne Kontakt Sentralbord: +47 61 26 60 00 Direkte: +47
DetaljerSakspapir. Saksbehandlar Arkiv Arkivsakid. Åse Aleheim N /1162. Kode Utval Saksnummer Møtedato Hovudutval
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv Arkivsakid. Åse Aleheim N - 501 09/1162 Kode Utval Saksnummer Møtedato HTN Hovudutval 034/15 07.09.2015 teknisk/næring FOR Formannskapet 074/15 28.09.2015 KOM Kommunestyret
DetaljerNærøyfjorden verneområdestyre - melding om vedtak - tilrettelegging av lagerrom på Salthella
Postadresse Njøsavegen 2 6863 Leikanger Besøksadresse Fjordsenteret 5745 Aurland Kontakt Sentralbord: +47 57 64 30 00 Direkte: +47 57643129 fmsfpost@fylkesmannen.no www.nasjonalparkstyre.no/naroyfjorden
DetaljerETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING
ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING Utval Møtedato Saknr Saksh. Komite Forvaltning 07.02.2013 019/13 FRH Kommunestyre 26.02.2013 005/13 OIV Sakshandsamar: Frida Halland Arkiv: N-504, gbn- 014/001 Arkivsaknr: 2013000206
DetaljerFRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER I PLAN- OG BYGNINGSLOVA
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Planseksjonen Arkivsak 200911049-10 Arkivnr. 015 Saksh. Taule, Eva Katrine Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 5.12.2013 FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER
DetaljerSAKSGANG. Framlegg til reguleringsplan for Stekka hyttefelt, 1 gongs handsaming, planid
Jondal kommune Sakspapir SAKSGANG Utval Møtedato Saksnr. i utval Hovudutval for Teknisk og Næring 20.12.2013 066/13 Saksbeh: Sigbjørn Haugen Saka blir avgjort av: Arkiv: N-504 Arkivsaknr. 13/78 Framlegg
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 060/12 Plan og utvikling
Aurland kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 060/12 Plan og utvikling 24.09.2012 Saksansvarleg: Jan Olav Møller Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 12/135-12 K2-L12, K3-&21 Jan Olav Møller, 57 63
DetaljerSULDAL KOMMUNE Møtebok
SULDAL KOMMUNE Møtebok SAKSGANG Saksnummer Utval Møtedato 159/10 Utval for landbruk, miljø og teknikk (LMT-utvalet) 02.12.2010 008/11 Kommunestyret 01.02.2011 Arkivkode Sakshandsamar Arkivsak/j.post 112/46
DetaljerMELDING OM VEDTAK. Reguleringsplan Kleivi, Vangsnes melding om vedtak. Partar / høyringsinstansar Kleivi Vangsnes
Partar / høyringsinstansar Kleivi Vangsnes Dato Saksbehandler Vår ref. Deres ref. 19.09.2016 Ottar Wiik 15/854-27 Reguleringsplan Kleivi, Vangsnes melding om vedtak MELDING OM VEDTAK Kommunestyret - 074/16:
DetaljerStyre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet /17 MF Kommunestyret /17 MF
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet 30.01.2017 003/17 MF Kommunestyret 08.02.2017 004/17 MF Saksansvarleg: Maria Fremmerlid Arkiv: K2-L00 Arkivnr.: 15/548
Detaljer2016/ Særutskrift - 189/13 - naust og utlegging av flytebrygge - Halsnøy Kloster - Paul Karsten Sjo
Fellestenester Politisk sekretariat «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www. kvinnherad.kommune.no
DetaljerAustevoll kommune TILLEGGSINNKALLING SAKLISTE
Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING Utval: UTVAL FOR PLAN OG BYGGESAK Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Møtedato: 07.04.2014 Kl. Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 55 08 10 00 Offentleg servicekontor.
DetaljerSaksframlegg. Utvalg Utvalgssak Møtedato Halsa formannskap 70/ Halsa kommunestyre 50/
Halsa kommune Arkiv: 211 Arkivsaksnr: 2016/211-22 Saksbehandler: Åse Bergset Saksframlegg Utvalg Utvalgssak Møtedato Halsa formannskap 70/16 11.10.2016 Halsa kommunestyre 50/16 20.10.2016 Reguleringsendring
DetaljerMOTSEGN - SELJE KOMMUNE SOGN OG FJORDANE - KOMMUNEPLANEN SIN AREALDEL VÅRE MERKNADER
Selje kommune Sakshandsamar: Ina Giil Solheim Telefon: 91888890 Seksjon: Forvaltningsseksjonen i region Vest 6740 SELJE Vår referanse: 15/2146 Dykkar referanse: Vår dato: 24.08.2016 Dykkar dato: 30.06.2016
DetaljerSaksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 035/17 Plan- og. PS samfunnsutvalet 082/17 Bystyret PS
Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 035/17 Plan- og PS 19.09.2017 samfunnsutvalet 082/17 Bystyret PS 03.10.2017 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Rolf Bjarne Sund ARP - 20170102, K2 - L12 17/516 Privat detaljreguleringsplan
DetaljerKOMMUNEDELPLAN FOR VÅGSLID, VINJE KOMMUNE. UTTALE
KOMMUNEDELPLAN FOR VÅGSLID, VINJE KOMMUNE. UTTALE ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: L10 2012/722 Jørn Trygve Haug UTV.SAKSNR.: UTVAL: MØTEDATO: 13/22 Arbeidsutvalet i villreinnemnda 28.08.2013
DetaljerSærutskrift - 189/66 - flytebrygger med landgang - Lykelsøyvågen - Oddvin Øvernes
Politisk sekretariat «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» «UTLANDSADRESSE» Saksbehandlar Tlf. direkte innval Vår ref. Dykkar ref. Dato Torill Slåke 2016/3754-4 «REF» 21.03.2017 Særutskrift - 189/66
Detaljer2. Referat frå oppstartsmøte
2. Referat frå oppstartsmøte Sak (namn og ID): Smårustene Møtestad: Deltakar(ar): Frå forslagsstillar: Møtedato: Kommunehuset Smia 22.08.2019 Frå kommunen Anne Mari Tomasgard Nils Paul Haugen Einingsleiar
DetaljerHerøy kommune - motsegn til arealdelen av kommuneplanen
Statsråden Fylkesmannen i Møre og Romsdal Fylkeshuset 6404 MOLDE Dykkar ref Vår ref Dato 2011/4679 14/7619-10 02.07.2015 Herøy kommune - motsegn til arealdelen av kommuneplanen 2013-2025 Saka er oversend
DetaljerVår ref. 2013/ Særutskrift - 163/6 - fasade og takendring av naust - Varaldsøy - Bjørnar Torvik
Fellestenester Politisk sekretariat «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www. kvinnherad.kommune.no
DetaljerDETALJPLAN AV KYRKJEVEGEN 2, GNR 45 BNR 322, MANGER, RADØY KOMMUNE. MOTSEGN
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Planseksjonen Arkivsak 201000669-14 Arkivnr. 714 Saksh. Vinje, Signe; Ege, Ingun; Skår, Øystein, Ekerhovd, Per Morten Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet
DetaljerReferanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Marianne Aadland Sandvik
M el an d komm un e Eva Halstensen Ievegen 186 5917 ROSSLAND Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Marianne Aadland Sandvik 17.09.2019 Vår: 19/1221-19/18202 marianne.aadland.sandvik@meland.kommune.
DetaljerFOLGEFONNA NASJONALPARKSTYRE
FOLGEFONNA NASJONALPARKSTYRE Hattebergsdalen landskapsvernområde Ænesdalen landskapsvernområde Bondhusdalen landskapsvernområde Buer landskapsvernområde Storm Adventures AS Sørumsvegen 4 2022 GJERDRUM
DetaljerVår ref. 2011/ Særutskrift - BS - 55/11 - naust - Nordrepollen - Olav A Gjerde
Olav A. Gjerde Nordrepollen Fellestenester Politisk sekretariat Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www.
DetaljerSAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE
SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE Utval Møtedato Saknr Komite Forvaltning 08.09.2016 071/16 Sakshandsamar: Arkiv: Arkivsaknr Roar Bævre PlanID - 201402, N - 504 15/1726 2. gongs handsaming for del av detaljregulering
DetaljerETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING
ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING Utval Møtedato Saknr Saksh. Komite Natur 17.03.2005 046/05 IVK Komite Natur 25.08.2005 098/05 OIV Kommunestyre 06.09.2005 049/05 OIV Sakshandsamar: Odd Inge Vestbø Arkiv: Reg-086
DetaljerSAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE
SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE Utval Møtedato Saknr Komite Forvaltning 11.04.2019 020/19 Etne kommunestyre 07.05.2019 017/19 Sakshandsamar: Arkiv: Arkivsaknr Roar Bævre PlanID - 201701, N - 17/539 504, N -
DetaljerSøknad om samtykke til detaljhandel- Kleppestø sentrum områdeplan Plan Askøy kommune
REGIONALAVDELINGA Arkivnr: 2014/488-18 Saksbehandlar: Tina Sinclair Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 06.12.2016 Fylkesutvalet 08.12.2016 Søknad
DetaljerSaksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 098/15 Kommunestyre PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Erik Andreas Kyvig FE /179
Saksframlegg Saksnr Utval Type Dato 098/15 Kommunestyre PS 08.09.2015 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Erik Andreas Kyvig FE - 142 15/179 Oppstartsløyve til planarbeidet og planprogram Kommunestyre - 098/15
DetaljerVår ref. 2010/ Særutskrift - MS - 27/1 - restaurering og ombygging av naust - Hatlestrand - Johannes A. Ask
Fellestenester Politisk sekretariat Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www. kvinnherad.kommune.no «MOTTAKERNAVN»
DetaljerUllensvang herad. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, del. vedtaksmynde. Møtedato Saksnr Plan- og ressursutval /2017
Ullensvang herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, del. vedtaksmynde. Møtedato Saksnr Plan- og ressursutval 05.09.2017 70/2017 Saksansv.: Tveit, Randi Karin Arkiv: ST/PL namn - Lofthus sentrum - Røyse,
DetaljerSærutskrift - 136/9 - naust - Herøysundet - Hilde Bakkebø og Trond Inge Kvandal
Politisk og administrativt sekretariat «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» «UTLANDSADRESSE» Saksbehandlar Tlf. direkte innval Vår ref. Dykkar ref. Dato Torill Slåke 2016/4250-11 «REF» 13.12.2017
DetaljerPå vegne av tiltakshavar Line Tools vert det søkt om oppstart av privat planarbeid for del av Opsalmarka gnr. 34 bnr.
Fusa kommune Arealplan Postboks 24 5649 Eikelandsosen 23.04.2018 www.abo-ark.no post@abo-ark.no Avdeling Os Hamnevegen 53, PB. 291, 5203 Os Tlf: 56 57 00 70 Avdeling Stord Torgbakken PB. 32, 5401 Stord
DetaljerMøteinnkalling. Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: Tidspunkt: 09:00
Møteinnkalling Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: 02.05.2017 Tidspunkt: 09:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post fmsfano@fylkesmannen.no. Vararepresentantar
DetaljerSVAR PÅ PRINSIPPSØKNAD FOR OPPSTART AV REGULERINGSPLAN FOR UTVIDING AV INDUSTRIOMRÅDE KVERNAVIKA GNR.100,BNR.2 M.FL. ØKLAND
Vår dato: Vår referanse: Sak nr D- 13.09.2017 2017/523-50422436/2017 Vår saksbehandlar: Direkte telefonnr.: Dykkar dato: Dykkar referanse: Njål Gunnar Slettebø 53 42 31 32 MULTICONSULT ASA V/Øyvind Skaar,Stord
DetaljerMelding om vedtak. 1. gongs handsaming og utlegging til offentleg ettersyn og høyring for detaljregulering Hovden Appartement gnr/bnr 1/113 & 1/116
Bykle kommune Rådmannsstaben SPISS Arkitektur & Plan AS Postboks 151 4662 KRISTIANSAND S Melding om vedtak Vår ref: Sakshandsamar: Arkivkode: Dato: 2014/616-18 Hanne Heieraas Evju, 37938500 L12 23.04.2015
DetaljerVedlegg til oppstartsmøte gnr. 51 bnr. 1 m.fl. Misje
Vedlegg til oppstartsmøte gnr. 51 bnr. 1 m.fl. Misje 1) Kort presentasjon av tiltaket/planområdet Det har blitt levert inn eit planforslag tidlegare for området, planid: 20100005, men dette arbeidet har
Detaljer