Pilegrimsvandrar i Fron

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Pilegrimsvandrar i Fron"

Transkript

1 Pilegrimsvandring har lange tradisjonar i Europa. Dette motivet er frå Galicia i Spania med tittel Monumento al peregrino. Med kamskjell i hatten og pilegrimsstav i hand mot målet, Santiago del Compostela i nordvest-spania. Spansk postkort utlånt av redaksjonen. Pilegrimsvandrar i Fron Denne artikkelen fortel om pilegrimsleia frå Frya til Otta. Artikkelforfattaren har gått til Trondheim fleire gonger. Han meiner leia kan gjerast langt betre enn i dag der ho går i eit mektig kulturlandskap. Av Tormod Berger Det er ofte slitsamt å vera pilegrim. Spesielt viss du går langt, og særleg viss du følgjer pilegrimsleia oppover Gudbrandsdalen. Med tung bør skal du høgt opp og bratt ned. Vel! - så blir du ofte kei, og må setja deg ned. Og om ikkje anna så oppdagar du i allfall den fantastiske utsikta, den storslagne naturen, dei særeigne, gamle bygningane. Og historia! Noko får du med deg undervegs, anna må du lesa deg til. Det er ingen som bestemmer kvar pilegrimen skal gå, berre han eller ho held seg unna gardstun og dyrka mark. Det er mogleg å leggje opp si eiga vandring, og det er alltid mogleg å følgje E 6 eit stykke, dersom beina og ryggen blir for vonde. Og det skjer garantert at kroppen protesterer, før eller sidan. Sjølv godt trente vandrarar rapporterer om det, særleg etter ein tur oppover Gudbrandsdalen. Kva er ein pilegrim? Å vera pilegrim er ikkje det same som å ta seg ein tur. Pilegrimen går som regel i mange dagar, ofte veker, og møter nye 5

2 Norske pilegrimar på vegen opp frå Ryssland mot Skar. Foto: Arne Hernæs. utfordringar kvar dag. Ein opplever etter kvart at det er såre godt å kjenne gleda ved at kroppen klarer dette, at sjølv vonde bein og øm rygg, gnagsår og muskelsmerter som regel ikkje set stopp for vandringa. Den store gleda over å leggje seg rett ut i graset på ein setervoll, trekkje pusten djupt og berre sjå opp i trekronene eller den høge himmelen, den gleda får du berre når du er ordentleg kei. Og det er først når du har gått ei stund at du verkeleg klarer å glede deg over alt du opplever; naturen omkring deg, fellesskapen med dei andre, din eigen styrke trass i at du er sliten, øm eller gjennomvåt av sveitte eller regn. Eg vart ein gong spurt om korleis det var å gå i regnvêr, og svaret mitt var at det spelte inga rolle. Våt er ein jo likevel. Det ubehagelege kjem når ein skal krabbe ned i soveposen klissvåt, eller 6 skal ta på seg våte klede neste dag. Men også det blir fort ein vane. Pilegrimsvandring er så mangt, og det er eigentleg opp til den enkelte å definere både form og innhald. For nokre er den åndelege dimensjonen viktigast, for andre er det natur- eller kulturopplevingar. Men eitt felles trekk er at pilegrimen opplever ei vridning av fokus til dei nære og enkle tinga, kva som eigentleg har verdi. Han eller ho lærer fort kor viktig det er å leva her og nå, set pris på dei gode møta med andre menneske undervegs, og får sterke og inderlege naturopplevingar. Pilegrimsvandring er ikkje ein eksotisk form for ferie, det er ein livsstil og ei livshaldning: Å sjå samanhengen mellom stadig å vera undervegs mot eit fysisk mål, og å vera undervegs mot noko der framme i sitt eige liv.

3 Målet blir ofte av mindre verdi etter kvart som ein vandrar,- det er livet undervegs som betyr mest for mange. Mi vandring i Gudbrandsdalen Eg må nok vedgå: På den fyrste lange vandringa mi, frå Oslo til Nidaros, fekk eg ikkje den djupaste opplevinga av Fron eller resten av Gudbrandsdalen. Eg og dei eg gjekk saman med, var opptatt av å følgje ein dagsplan som var ganske hard. Som gode pilegrimar hadde vi sjølvsagt eit mål langt der framme, men vi hadde også planlagte dagsetappar. Det betydde bl. a. at vi følgde E 6 eit godt stykke i staden for å følgje den meir strevsame pilegrimsleia. Men så har eg gjort noko med dette seinere, og har etter kvart fått med meg heilt andre opplevingar av dette området, som eg også gjerne unnar andre å ta del i. Bilen regjerer Eg har gjort meg tankar over vegane i Gudbrandsdalen: Dei er bygde eine og åleine for bilistane. Mange stader er det riktig nok eit bra nett av småvegar som er gode for vandrarane, men over lange strekningar finst det berre kronglete stigar som einaste alternativ til E6, så langt eg har kunna observere. Og langs E6 er det berre 15 cm vegskulder som kan brukast av vandrarar, og det er ikkje til noko glede! Dette er ikkje berre ei sak for pilegrimar, men også for andre farande folk, til fots, på sykkel, til hest osv. Det var fyrst som pilegrim oppover Gudbrandsdalen at eg oppdaga den enorme dominansen bilismen har fått på vegutforminga. Tenk om ein eller annan kunne reise seg og krevja rett for andre trafikantar! Historia bak Prosjektet med pilegrimsleia i vår tid starta med Eivind Luthens bok frå 1992: I pilegrimenes fotspor. Året etter fekk Luthen frie hender til å arrangere ei eiga utstilling om pilegrimar på Norsk veg-museum i Fåberg. Odd Kjærem ved fylkesmannens kontor i Lillehammer las boka og besøkte utstillinga. Såleis kom han på ideen om å merke dei viktigaste pilegrimsvegane. Han sende eit forslag om dette til Fylkesmannen i Oppland som gav ideen til Miljøverndepartementet, der ministeren sjølv, Torbjørn Berntsen, tente på ideen. Oppgåva vart delegert til to direktorat: Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning. Dei sette i gang med ein gong, og hadde den fyrste pilegrimsleia ferdig rydda og merka frå Oslo til Nidaros i Den første organiserte pilegrimsvandringa i Gudbrandsdalen skjedde altså denne sommaren, og Torbjørn Berntsen var sjølv på plass og markerte den høgtidlege opninga i Nord- Sel var altså året da interessa for pilegrimsvandring vart født på nytt her i landet. Nye pilegrimsvegar er rydda og merka i åra som har gått. Den fyrste leia i 1997 gjekk vestover frå Oslo via Bærum og svinga så nordover på vestsida av Mjøsa. I 1999 vart også den historiske ruta frå Oslo og nordover via Hamar rydda og merka. I åra etterpå er det etablert fleire pilegrimsvegar til Nidaros; frå Stiklestad, frå Sverige og nordover via Østerdalen. Det er rydda og merka veg frå Tønsberg til Oslo og frå Halden til Oslo. Ei rute frå Seljord til Røldal er gått opp, og merking er her i gang. I Valdres er det ei pilegrimslei frå Hedalen og nordover, og ei ny rute frå Hovden til Røldal er nå på plass. Ei rekkje guidebøker og andre handbøker 7

4 Tusenårsstaden i Oppland hausten Det blir arbeidd for at dette viktige kulturminneområdet skal bli eit sentralt pilegrimsmål i fylket. Foto: redaksjonen. for pilegrimar er komne ut, og infrastrukturen, med rimelege overnattingstilbod, blir utbetra. Interessa for pilegrimsvandring har vore sterkt stigande dei siste åra, og mange utlendingar kjem hit kvart år for å vandre. I 1996 vart også ein eigen interesseorganisasjon, Pilegrimsfellesskapet St. Jakob stifta, med kontor i Oslo. Parallelt med dette har den opprinnelege pilegrimsleia vore i forfall. Merkestolpar er øydelagde og fjerna, eller dei er rett og slett nedgrodde. Trass i at mange har gått, er også den opphavlege pilegrimsleia mange stader grodd att. I tillegg er det ei samstemt oppfatning blant dei som går at leia ikkje er god nok og bør justerast fleire stader. Det er nå løyvt pengar frå Miljøverndepartementet til eit tre-årig opprustningsprosjekt av pilegrimsleia, der 8 også heile infrastrukturen skal vurderast. Dei to trøndelagsfylka og Oppland fylke er med i dette prosjektet. Alle som arbeider for og med pilegrimssaka i Norge har nå store utfordringar framfor seg. Pilegrimsleia gjennom Fron og litt til Etter ei fin og god vandring på skogsvegen frå Ringebu over Kjønnås får pilegrimen eit storslagent møte med Fron nettopp når grenseelva Frya skal passerast. Ved Bersveinshølen er det langt ned, og det er viktig å halde godt fast i rekkverket på trebrua når du ser ned i dei frådande vassmengdene. Kontrastar i natur og landskap følgjer deg heile vegen vidare. På andre sida av jorda som strekkjer seg langs elva går du inn i furuskogen og følgjer sporet av den eldste kjente tjodvegen

5 i Fron forbi ei rekkje militære lagerhus, som overraskande nok ligg pent plassert i terrenget. Herifrå er det ikkje langt ned til Frya og Kongsvegen som går jamnt og pent i eit idyllisk landskap like ved E 6, og nesten treffer denne før han svingar av og går ganske bratt opp til området med det merkelige navnet Hakkemett. Til Hundorp, Steig og Gudbrandsdalsdomen Så ber det vidare til Hundorp som vi hørte om i historietimane, men kanskje aldri før har sett på nært hald. Her ligg gravhaugane på førkristen tid, fleire i talet. Nå har vi sjansen, og her er det godt med opplysningsskilt for dei av oss som ikkje hugsar alt på rams. Og pilegrimar som vil overnatte her, kan gjera det. For pilegrimane kan det vera litt ubehageleg å måtte krysse E6, for like etter å krysse på nytt for å koma attende til nordsida. Nå er det avtala med grunneigaren at pilegrimar som ikkje ønskjer å gå ned til den historiske garden, kan gå vidare på nordsida av europavegen fram til Sør-Fron kyrkje. Høgt oppe i lia ligg Steig, som ein gong i tida også var maktsenter - ja, til og med kongsgard. Denne garden er også nemnt i Snorres forteljing om den historiske hendinga med Dale-Gudbrand og kong Olav på Hundorp i Truleg gjekk den gamle pilegrimsleia forbi Steig, og det er godt mogleg å velja denne ruta også i dag. Da går ein oppover i staden for nedover mot Frya, men det er lange og bratte bakkar opp, og like bratt ned att! Attende til Sør-Fron kyrkje. Dette er eit landemerke, og ein opplagt stad for ein pust i bakken. Kyrkja er den største i Gudbrandsdalen, og blir også kalla Gudbrandsdalsdomen. Vel, om kyrkja ikkje akkurat er ein katedral, så er ho spesiell Frå den gamle kyrkjegarden der stavkyrkja på Listad stod mot slutten av 1700-talet. Foto: Arne Hernæs. med si oktogonale form. Pilegrimar bør sjå inn i kyrkja, så sant ho er open, og gjerne leggje middagsbøna hit. Vegen vidare går eigentleg opp på baksida, forbi prestegarden og opp bakken til fylkesvegen og vidare nedover forbi dei historiske Listadgardane. Her kan ein også ta ein liten avstikkar opp i høgda og sjå på dei gamle kyrkjetuftene, merka med eit trekors. For vandrarar som vil ta ein lettare veg, er det i staden godt mogleg å følgje vegen som går forbi kyrkja og fram til E 6. Herifrå går det ein behageleg gangveg vidare, så ein slepp å kjempe seg fram på ein ofte tungt trafikkert kjøreveg. 9

6 Svevnstova på Sygard Grytting frå rundt år Her kan rundt 20 pilegrimar overnatte idag. Foto: Stig Grytting. Svevnstova på Sygard Grytting Neste stopp er Sygard Grytting. Når vi skriv om pilegrimsvegane, prøver vi å la vera å fortelja kvar pilegrimane skal overnatte, vi berre fortel nøkternt om alternativa. Folk må sjølve få lov å velja. Men Sygard Grytting er nærast obligatorisk. Det skulle berre mangle, sidan dette er det eldste pilegrimsherberget i landet som framleis er i drift. I Svevnstova frå 1300-talet finn pilegrimane enkle senger, slik dei gjorde i middelalderen, og det er historisk sus over garden. Frå Sør-Fron kyrkje og hit er det berre ei stutt strekke på 300 m der pilegrimane må følgje E6, etter at den parallelle gang- og kjørevegen sluttar ved brua over elva Augla. Så er det berre å ta opp til høgre og følgje jordekanten fram til Sygard Grytting. Vegen går til himmels Men herifrå startar stigninga opp den fyrste av i alt seks,- til dels bratte, klatreetappar fram til Otta! Frå Sygard Grytting må pilegrimane gå litt attende og over ei steinrøys og langs ein stig oppover i eit svært frodig landskap ved sida av Lauvåa. Deretter tek pilegrimsleia til venstre, følgjer Skarsvegen fram til dei nedlagte heimane i Skar, og fortset vidare til den tidlegare husmannsplassen Øyakleiva. Her kjem stigen etter kvart ut på fylkesvegen i Sødorp. Her må vandraren ta inn gardsvegen til Kroken, og så følje Skarsvegen vidare oppover og fram til dei skrøpelege restane av den gamle garden Skar og vidare til husmannsplassen Øyakleiva. Like bortanfor ser det ut til at pilegrimsleia endar i ein fjellvegg, men snur brått 10

7 Utsynet er imponerande mot Ruste og Vinstra. Foto: Arne Hernæs. Kyrkjerøsa i Sødorp, der Brandvold-kyrkja stod til midt på 1700-talet. Foto: redaksjonen. 11

8 leia vidare held seg oppe i høgda. Han tek av ved baksida av Toksegardane og gjennom skogen fram til Gurilykkja. Like ved garden Brenna ber det bratt opp i åsen. Ruta går ned i søkket og passerer over Byrebekken, og litt lenger framme tek han ein sving rundt garden Stuslia før han på nytt går nedover mot sivilisasjonen. Eit stykke nedanfor garden Svan kjem pilegrimsleia inn på Gravdalsvegen eit stutt stykke ned til Stø og vidare nordover til han kryssar Bosåa. Det stutte stykket langs elva nedover til Gardvegen er til dels laga som ei hylle i fjellet i eit ganske fantastisk landskap, som er verdt å sjå! Det er mangt å sjå etter pilegrimsleia i Fron. Dette er ein viril mann blant skålgropene i Sødorp. Det er mykje som talar for at det har vore eit etablert samfunn her i 3000 år. Foto: redaksjonen. og klatrar pent og ordentleg oppover fjellsida, og ein kan glede seg over ei fantastisk utsikt nedover dalen. Og viss du ser nokre store fuglar som kretsar rundt her, er det heilt sikkert fjellvåk, eller piparørn som ho blir kalla på Fron. I rolegare lende Pilegrimsleia går inn på ein skogsveg, og kjem etter kvart fram til fylkesvegen som fører nedover mot Vinstra. Vegen går naturlegvis forbi Nordgard Hågå, Per Gynt Gården, og litt lenger nede går vegen over Sula eller Ådalen, som han blir kalla lokalt. Her kan ein, viss det er ønskjeleg, gå ned til Vinstra sentrum, men pilegrims- Mot Kvam Så følgjer vi kjørevegen ei dryg halv mil fram til Kvam. Det vil seia: Pilegrimsleia går ikkje til Kvam sentrum, men her er det sjølvsagt fullt tillate å laga sin eigen vri. Pilegrimane går over Storåa rett opp for Kvernhølen, der det elles er fint å ta seg ein dukkert. Så følgjer dei glade (og kanskje reine) pilegrimane elva nedover på vestsida og går oppover vegen mot Leinebakkane eit stykke og vidare gjennom Bergumsfeltet. Deretter svingar ein ned Steinråket mot garden Kilden (Kjelden) og turen går gjennom hamnehage, bjørkeskog og anna skog vestover, stort sett like ved sida av E 6. Pilegrimsleia følgjer deretter kraftlina, framleis like ved E 6, forbi den nedlagte garden Vassveite. Litt lenger borte langs kraftlina svingar pilegrimsleia markert oppover og fortset opp til dei tre gardane Løften. Frå den nordlegaste av desse går det ein stig nedover til garden Bjørkerusta, ikkje langt frå hovudvegen. Den fjerde av dei seks klatreetappane mellom Hundorp og Otta er lang, til dels bratt og ganske krevjande! Vegen innover 12

9 Kvam i vårdrakt. Pilegrimsleia går i dette fine kulturlandskapet. Foto: redaksjonen. Vik i Kvam, der det har vore sagt at Olav Haraldson vart fødd. Pilegrimsmålet idag er Nidaros, der Heilag Olav ligg gravlagt. Foto: redaksjonen. frå Bjørkerusta går forbi ein skytebane, passerer gardane Knutslykkja og Dalum, og fortset der rett fram eit stutt stykke. Vandraren har nå eigentleg lagt Fronsbygdene bak seg, men det er heilt greit å fortsetja inn i Sel kommune. Vegen blir etter kvart til ein dårleg stig, og frå toppen ved Fagerli går det svært bratt nedover gjennom eit ulendt terreng til Varphaugen. Den siste biten er det mogleg å gå på skogsveg. Ei trøyst er det kanskje at det iallfall er ei fin utsikt frå høgdene! Pilegrimsleia gjennom dei to Fronkommunane er på 40 km. God vandring! 13

Turmål 2009 - Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Turmål 2009 - Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh) 1 Bergstjednet (856 moh) Posten er sett opp ved nordenden av Bergstjednet (856 m.o.h.), som er det einaste tjednet på Slidreåsen/Magistadåsen. Parker ved fylkesvegen over Magistadåsen der skogsbilvegen

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Turmål Vestre Slidre kommune - 2012 1. Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Turmål Vestre Slidre kommune - 2012 1. Eggjiåsen 910 moh 10 poeng 1. Eggjiåsen 910 moh 10 poeng Kjør vegen over Eggjiåsen mot Beitostølen. På toppen av Eggjiåsen parkerar du ved lysløpeanlegget og følgjer turmålskilt derifrå mot kommunegrensa til Vang kommune. GPS-koordinatar:

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

3 52 Sinus 1P Y > Algebra Book Sinus 1P-Y-nyn.indb 52 2014-10-14 15:08:14

3 52 Sinus 1P Y > Algebra Book Sinus 1P-Y-nyn.indb 52 2014-10-14 15:08:14 5 Sinus 1P Y > Algebra Book Sinus 1P-Y-nyn.indb 5 014-10-14 15:08:14 Algebra MÅL for opplæringa er at eleven skal kunne forenkle fleirledda uttrykk og løyse likningar av første grad og enkle potenslikningar

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Målet med reportasjen er å setje fokus på praktiske løysingar for oppstalling av frisk kalv, god avdrått og avkastning med mjølkeproduksjon

Detaljer

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring. Vurdering av Hedalen mølle I Sør Aurdal Tilstand og forslag til utbedring. Rapporten er utarbeida av bygningsvernrådgjevar ved Valdresmusea Odd Arne Rudi 1 Bakgrunn Det er stiftinga Bautahaugen Samlingar

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

STI GJENNOM LERKESKOG

STI GJENNOM LERKESKOG Turstiar frå Eikesdalsvegen i Øvre Vats: 1. Thorsgruva 7. Eikås/Bjoa 2. Dyrhaug (260 mo.h.) 8. Vikebygd 3. Ørnaberget (340m.o.h.) 9. Morgonsvatnet (500m.o.h.) 4. Stemmetjørna (300m.o.h.) 10. Ulserhaug

Detaljer

Årgang 55 - Nr. 3 MAI 2009

Årgang 55 - Nr. 3 MAI 2009 Årgang 55 - Nr. 3 MAI 2009 Røldal Skare Tyssedal Odda DEN NORSKE KYRKJA Odda og Tyssedal sokn Kyrkjekontoret i Odda Postboks 397, 5751 Odda tlf. 53 65 09 00 Kontortid : 8.00 15.00 fax 53 65 09 01 e-post

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune.

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune. Førde, 23.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av 19.11.2014

Detaljer

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule Unner du borna det unike? Runde kystleirskule Runde kystleirskule Stupbratte klipper med yrande liv. Grøne bakkar mot djupblått hav. Eit samfunn omkransa av skumsprøyt. Idyllisk busetnad, men også ei dramatisk

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

26 sept 07 oktober 2009. Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

26 sept 07 oktober 2009. Lima Machu Picchu Cusco Amazonas 26 sept 07 oktober 2009 Machu Picchu Cusco Amazonas PROGRAM Laur. 26. sept. avreise med K L M Søn. 27. sept. Mån. 28. sept. Tirs. 29. sept. Ons. 30. sept.. Tors. 1. okt. Fred. 2. okt. Laur. 3. okt. Søn.

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

Rekneskapet for prosjektet såg slik ut pr. september 2008:

Rekneskapet for prosjektet såg slik ut pr. september 2008: M PRSJEKTET Det har vore "Styringsgruppa for Pilegrimen" som til nå har hatt eigarskapet til prosjektet. Vest-Telemark Museum har sidan 2004 tatt på seg prosjektleiarrolla på vegne av styringsgruppa. 2009

Detaljer

Turmål Vestre Slidre kommune - 2014. 1. Kvithøvd 1001 moh 25 poeng

Turmål Vestre Slidre kommune - 2014. 1. Kvithøvd 1001 moh 25 poeng 1. Kvithøvd 1001 moh 25 poeng Her har du og mange startmulegheiter. Dersom du parkerer nedanfor Finneberg, fylgjer du stølsvegen opp til Slidrestølane, vidare traktorvegen som går over til Volbu. NB! Sjå

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Turmål 2010 - Vestre Slidre. 1 Kvithøvd (1001 moh)

Turmål 2010 - Vestre Slidre. 1 Kvithøvd (1001 moh) 1 Kvithøvd (1001 moh) Parkerer ned for Finneberg, følg stølsvegen opp til Slidrestøladn. Vidare følgjer du traktorvegen som går over til Volbu til denne flatar ut. Her står det skilta til Kvithøvd inn

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

Setring ved Håbakkselet Hareid

Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet. Erling Hovlid og Einar Jacobsen Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet Steinar Hovlid (f. 1926) fortel til Leif Arne Grimstad om Håbakkselet i Vikebladet/Vestposten laurdag 22. desember

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad Først i denne delen om Giske OS står skrive om korleis vi bygde stasjonsbygninga. Der står nemnt at vi rekna med

Detaljer

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Juvet Landskapshotell

Juvet Landskapshotell ei norsk oppleving Juvet Landskapshotell I tunet Burtigard på Alstad i Norddal kommune blir det etablert ei reiselivsbedrift utanom det vanlege; eit landskapshotell som tilbyr eit kortferiekonsept basert

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Ved Kari Vik Stuhaug Helsepedagogikk Helse Fonna 5. Mars 2015 09.03.2015 Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna 1 Kva gjer du når du får eit problem? Og kva

Detaljer

Hallo i nedslagsfeltet!

Hallo i nedslagsfeltet! Hallo i nedslagsfeltet! Måndag 1.juli starta lillesyster Emma og eg på sykkeleventyret som vi hadde sett fram til i nesten eitt år. Og etter fleire veker med ganske intens planlegging kunne vi endeleg

Detaljer

Treeiningssøndag. Ståle Aklestad. Preike Molde Domkirke 31.05.2015

Treeiningssøndag. Ståle Aklestad. Preike Molde Domkirke 31.05.2015 Ståle Aklestad Preike Molde Domkirke 31.05.2015 Treeiningssøndag Det er treeinigssøndag. Og vi skal langt bort. Og djupt ned i jorda. For i Roma, nede i ei av katakombane, som er tidlege, kristne gravplassar,

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Hallo i nedslagsfeltet!

Hallo i nedslagsfeltet! Hallo i nedslagsfeltet! Her i Valdres flyg tida av stad, og eg har det supert! Kvar dag skjer det nye og spanande ting, og eg har storkosa meg dei siste vekene, sjølv med ribbeinsbrudd. Logisk nok har

Detaljer

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN VELKOMMEN HEIM Foto: Magnus Endal OPPFØLGING ETTER HEIMKOMST Her finn du informasjon til både deg som har vore på oppdrag i Sierra Leone, og til familien

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3 Nynorsk Leite etter mat Her er tre prosjekt som handlar om kva små skapningar et, og korleis dei leiter etter mat. Først må du finne verkelege maur,

Detaljer

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo Ein farleg klatretur Døveskolernes Materialelaboratorium, 1994 2. udgave 1. oplag Forfatter: H. P. Rismark Illustrationer: Henrik Taarnby Thomsen Tilrettelægging, layout, dtp, repro og tryk: Døveskolernes

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter. KONTSTRIKKING I kontstrikking strikkar ein rute for rute omgangen rundt frå kant til kant i plagget ruterekkje for ruterekkje. Maskane på ei strikka rute blir verande på siste pinne og ein går rett over

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune. Førde, 24.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av 19.11.2014

Detaljer

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Stråling frå elektronisk kommunikasjon Stråling frå elektronisk kommunikasjon Ei orientering frå Statens strålevern og Post- og teletilsynet Kva er stråling? I kvardagen omgjev vi oss med ulike typar stråling, frå både naturlege og menneskeskapte

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

Vandring i en sann historie... - Olavsvegene til Trondheim. Pilegrimsleden

Vandring i en sann historie... - Olavsvegene til Trondheim. Pilegrimsleden RIMS PI G N Vandring i en sann historie... LEDE - Olavsvegene til Trondheim LE Pilegrimsleden Pilegrimsleden i Hedmark Pilegrimenes gjeninntreden, på gjengrodde stier, var ikke et resultat av en bevisst

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

Kulturhistoriske registreringar

Kulturhistoriske registreringar Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar på Vetlebotn Gnr 272 og 275 Myrkdalen Voss kommune Rapport 7 2004 Rapport om

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! 17. mai er annleis enn alle andre dagar. Ein stor bursdag der alle er inviterte, tenkjer Mina, medan

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa». Opplæringslova: http://www.lovdata.no/ all/nl-19980717-061.html Opplæringslova kapittel 9a. Elevane sitt

Detaljer

5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat

5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat 5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat Mat: Ingunn AU Arbeidsutvalet for soknerådet. Møter kvar månad ca 1 veke før soknerådsmøtet. Tar unna saker av meir forretningsmessig karakter. SR Soknerådet FR Klepp

Detaljer

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5 Noteringshefte N Y N O R S K Trinn 3 5 Noteringshefte Personalia: Testpersonens namn:... Fødselsdato:... Norm:.. Skule/Institusjon:... Klasse:.... Testleiar:... Dato:.. Merknadar: 1. Leseflyt og leseforståing

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAVDELINGA RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN I SAMARBEID MED FLORA HISTORIELAG FLORA KOMMUNE Torleif Reksten og Hermod Seim ved skiltet på rutekaia.

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 Då ungdomsskulebussen stoppa i Straumøykrysset kom 3. og 4. klasse veltande ut av bussen, klar til ein ny dag på Straumøy Gard. Marta, Marie og Janna var

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne? Norsk etnologisk gransking Desember 1956 Emne 61 TURKESTOVA 1. Var det vanleg i Dykkar bygd å ha eit hus som dei kalla turkestova, tørrstugu, tørrstua, tørrstoga, trøstogo, tørrstugu, trystugu, trysty,

Detaljer

DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK

DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK For nokre år sidan var eg fast gjesteskribent i spalta "Dagens gjest" i Tønsbergs Blad. Det hende at eg fekk respons på tekstane mine, gjerne i form av vennlege og varsamt nedlatande

Detaljer

Med tre spesialitetar i kofferten

Med tre spesialitetar i kofferten Med tre spesialitetar i kofferten Av Eli Gunnvor Grønsdal Doktor Dorota Malgorzata Wojcik nøgde seg ikkje med å vere spesialist i eitt fag. Ho tok like godt tre. No brukar ho kunnskapen sin, ikkje berre

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv Kart i Google earth Bø 19. april 2012 Arne Hjeltnes, Bø Turlag Bøelva-Gvarvelva, Breisås, Bryggefjell, Folkestadåsane, Gygrestolen, Høyslass-Bruskor,

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer