Studentar som lukkast. Kunnskap som endrar

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Studentar som lukkast. Kunnskap som endrar"

Transkript

1 1 Studentar som lukkast Kunnskap som endrar Strategisk plan for HiSF (Vedteken på HiSF-styremøte ) 1

2 2 Innleiing Høg studiekvalitet og svært god studentgjennomstrøyming, relevant forsking av høg kvalitet, eit tett og forpliktande samarbeid med regionen vår og meir internasjonal utveksling og samarbeid. Dette skal vere retningslinjene for arbeidet ved HiSF dei neste åra. Gode yrkesretta bachelorutdanningar skal vere basis for utdanningsverksemda vår. Vi skal òg ha masterutdanningar og vidareutdanningar innanfor dei sentrale utdanningsområda våre. Undervisninga skal vere forskingsbasert. Vi skal vere ein fleksibel, endringsvillig og tilpassingsdyktig organisasjon som på ein god måte kan takle utfordringane vi møter dei nærmaste åra. «Kompetent, aktiv og tett på» er høgskulens kjerneverdiar. Verdiane uttrykkjer det vi står for, og skal stå for. Sikt høgare er visjonen vår, som viser at vi har store ambisjonar og siktar mot å verte betre på alle felt. Særleg skal vi styrke utdannings- og forskingskvaliteten og måten vi jobbar saman på. Alle tilsette og studentar skal vere med i dette arbeidet. Vi skal ha ein velfungerande organisasjon med høg kompetanse. Strategien vår inneheld hovudmål for dei ulike delane av verksemda vår, pluss nokre utdjupingar om kva vi skal leggje vekt på for å nå måla. Vi har i tillegg peikt ut fire viktige område vi skal ha ekstra merksemd på dei neste åra. 2

3 3 Visjon Sikt høgare HiSF si hovudoppgåve er å utdanne studentar som lukkast og å utvikle forsking som kan medverke til endringar i samfunnet. Visjonen «Sikt høgare» betyr at vi skal leggje lista høgare enn før. Vi skal styrke rekrutteringa av gode studentar og høgt kompetente tilsette. Vi ønskjer at studentane våre skal arbeide hardt med studia. Vi skal betre det fagleg gode og attraktive studiemiljøet ved dei to studiestadene Førde og Sogndal. Høg kvalitet og fagleg relevans skal vere hovudpilaren for forskingsarbeidet ved høgskulen. Forsking saman med arbeids- og næringsliv skal bidra til endring og utvikling. «Å sikte høgare» betyr at vi skal ha gjennomgåande høg studie-, utdannings- og forskingskvalitet. Undervisninga og studiemiljøa våre skal vere internasjonalt attraktive og på høgde med det beste i sektoren. Vi skal vere i forkant når det gjeld å ta i bruk ny undervisningsteknologi. Vi skal ha forsking av høg kvalitet på alle sentrale utdanningsområde. Minst eitt av forskingsområda våre skal vere i forskingsfronten. Vi siktar høgare når vi vil styrke det regionale samarbeidet. Men vi skal òg gjere oss meir gjeldande internasjonalt. Sikt høgare skal leggjast til grunn for verksemda ved HiSF på alle område den neste fireårsperioden. Verdigrunnlag Kompetent Aktiv Tett på Kompetent betyr at institusjonen skal vere godt kvalifisert for oppgåva den skal løyse: utdanne studentar som lukkast og levere forsking av høg kvalitet. Vi skal også ha godt kvalifiserte studentar. Studentar som vert uteksaminerte hjå oss, skal vere kompetente for krevjande arbeidsoppgåver i yrkeslivet. «Kompetent» inneber vidare at vi skal ha eigenskapar som set oss i stand til å samarbeide godt med regionen. Samtidig skal vi styrke kompetansen på det internasjonalt retta arbeidet vårt. Aktiv peikar på at vi er og skal vere ein høgskule prega av aktive tilsette og studentar. Vi skal vere aktive og stille større faglege krav til studentane våre. Vi vil òg ha aktive studentar som stiller høge krav til høgskulen. Konkurransen om studentane hardnar. Det same gjeld konkurransen om nasjonale og internasjonale forskingsmidlar. Ein fagleg god, synleg og aktiv høgskule er nødvendig for å lykkast i konkurransen. Samtidig stiller regionen krav til oss og har forventningar til oss. Vi skal vere ein aktiv høgskule som møter desse utfordringane med kompetanse og kvalitet. Tett på er det som mest av alt karakteriserer livet ved HiSF. Vi er tett på det meste: naturen, studiestadene, samarbeidspartane, yrkeslivet, lokalsamfunnet, alle fasilitetane osv. Studentane er tett på lærarane, praksisplassar og yrkesliv, og vi har ein brei studieportefølje med utstrekt samarbeid på tvers av fagområde. Alle kan bidra og vere viktige. Tett på er ein positiv verdi for oss som kan bidra til å byggje sterkare fagmiljø på tvers av utdanningar og avdelingar. 3

4 4 Den faglege aktiviteten Utdanning, forsking og utviklingsarbeid (FoU) og formidling utgjer kjerneverksemda ved høgskulen. Ved HiSF er utdanningsverksemda den mest omfattande. Å rekruttere motiverte og flinke studentar er den viktigaste utfordringa for høgskulen dei neste åra. Vi skal gjere dette gjennom å tilby relevante utdanningar av høg kvalitet, framifrå studiemiljø og dyktige lærarkrefter. Vi skal intensivere rekrutteringsarbeidet, og syte for at studentane frå første dag får ein god start på utdanninga. HiSF skal stå fram som ein høgskule med to levande campus, der særs gode utdanningar på bachelornivå skal vere grunnsteinen i utdanningsverksemda vår. Vi skal ha tilbod om masterutdanning på dei sentrale utdanningsområda våre. Vi skal ha tett fagleg oppfølging av og stille tydelege krav til studentane. HiSF har eit relativt breitt studietilbod med hovudvekt på lærarutdanning og yrkesfaglege bachelorutdanningar, som vi rekrutterer regionalt til. Høgskulen har òg nokre utdanningar som er utvikla med grunnlag i særlege føresetnader i regionen. Det gjeld særleg tilbod innanfor idrett og energi/naturressursar/miljø. Vi rekrutterer nasjonalt til desse studia. Forsking og utviklingsarbeid av høg kvalitet er eit viktig kjenneteikn ved ein god høgskule. HiSF har siste åra styrkt forskingsinnsatsen betydeleg. Å rekruttere og halde på høgt kompetent fagpersonale er vesentleg for vidare utvikling av forskinga ved høgskulen. Det er særleg viktig for høgskulen å utføre forsking av høg kvalitet innanfor dei sentrale satsingsområda våre. Relevante regionale problemstillingar og utfordringar har lenge spelt ei viktig rolle for forskinga ved høgskulen. Slik skal det vere også i åra framover. Både utdanning og forsking ved HiSF skal vere kjenneteikna av høg kvalitet. Forskingsbasert utdanning er det fremste bindeleddet mellom dei to. Vi ønskjer å verte ein høgskule med framifrå forskingsbasert undervisning. Vi vil stille høge krav til undervisningskompetanse hos tilsette i undervisnings- og forskarstillingar. Vi vil leggje vekt på å utvikle gode undervisnings- og læringsformer. Det internasjonale arbeidet vårt skal utvidast og forbetrast. Høgskulen skal i neste periode styrke IKT-kompetansen til støtte for forsking og undervisning. Vi skal òg greie ut spørsmålet om ei Ph.D-utdanning ved høgskulen. Omdømet til HiSF er avhengig av kvalitet og resultat når det gjeld utdanning og forsking. Synleggjering og profilering av forskinga og utdanninga skal bidra til auka kjennskap og tiltru til høgskulen regionalt, nasjonalt og i aukande grad også internasjonalt. Høgskulen vil derfor styrke arbeidet med formidling og samfunnskontakt. HiSF skal vere ein open, engasjert og synleg institusjon. Dei tilsette skal stimulerast til å ta del i det offentlege ordskiftet. Høgskulen skal delta aktivt på kunnskaps- og innovasjonsarenaer i fylket. I dette arbeidet inngår også styrking av innovasjonsarbeidet ved Fosshaugane Campus og Campus Førde, Hovudmål HiSF skal tilby utdanning av høg kvalitet basert på det fremste innanfor forsking, fagleg utviklingsarbeid og erfaringskunnskap utføre forsking og fagleg utviklingsarbeid av høg kvalitet som bidreg til endringar i samfunnet 4

5 5 gi studentar som byrjar på ei bachelorutdanning ved HiSF, utsikt til å fullføre ein mastergrad i HiSF, eventuelt i eit samarbeid mellom HiSF og andre utdanningsinstitusjonar vere ein open, tilgjengeleg og engasjert kunnskapsinstitusjon som gjennom det faglege formidlingsarbeidet er synleg og set spor etter seg; særleg regionalt, men også nasjonalt og internasjonalt Delmål HiSF skal: ha studentar som arbeider hardt og lukkast i utdanningane, og vere blant høgskulane med best gjennomstrøyming og høgast poengproduksjon per heiltidsekvivalent ha eit breitt tilbod av praksisnære bachelorutdanningar og tilbod om mastergrad på dei sentrale utdanningsområda ha fleire vidareutdanningar i samarbeid med regionalt arbeidsliv, knytte til høgskulens masterutdanningar møte nye studentar med god oppfølging og høge faglege krav, og syte for at dei har gode faglege kvalifikasjonar, skriveferdigheiter og akademisk danning ved fullført grad styrke arbeidet med kunnskapsbaserte prosjekt for vidareutvikling av undervisningsog læringsformer primært vere ein campushøgskule som er tett på studentar, tilsette og samarbeidspartar, men samtidig leggje til rette for nettbasert deltaking på nokre studium og aktivitetar styrke internasjonalt fagleg samarbeid og auke mobiliteten både blant tilsette og studentar utvikle sterkare FoU-miljø og forskingsgrupper som får tilslag på eksternt finansierte oppdrag og som har gode internasjonale relasjonar auke talet på publikasjonar til å bli ein høgskule med høg vitskapleg publisering styrke IKT-kompetansen til støtte for både undervisning og forsking greie ut spørsmålet om ei mogleg PhD-utdanning formidle resultata frå FoU-aktiviteten til samfunnet og auke bruken av «open access»- publisering arbeide for å få næringsmessige og andre ringverknader av FoU-aktiviteten aktivt bidra til innovasjon og verdiskaping i privat og offentleg sektor Organisasjon og menneskelege ressursar Høgskulens organisasjon og ressursar skal støtte opp under kjerneverksemda ved høgskulen og bidra til at vi når måla og løyser samfunnsoppdraget på ein god måte. Høgskulen skal vere ein attraktiv arbeidsplass for menneske med høg kompetanse, både i faglege og administrative stillingar. Å få fleire tilsette i undervisnings- og forskarstillingar med første- og toppkompetanse er no særskilt viktig. Ei sunn ressursforvaltning skal underbyggje dei strategiske prioriteringane. Dei administrative tenestene ved høgskulen skal ha høg kvalitet og bidra til ei effektiv ressursutnytting til kjerneoppgåvene undervisning, forsking og formidling. Dei neste åra skal campusutvikling prioriterast, i tråd med målsetjingar om gode studiemiljø og faglege nettverk. 5

6 6 HiSF skal vere ein lærande organisasjon kjenneteikna ved eit godt arbeidsmiljø med evne til kunnskapsutvikling og problemløysing under skiftande vilkår. Mangfald, likeverd og likestilling skal vere sentrale verdiar. Det skal leggjast vekt på god leiaropplæring. Høgskulen skal ha eit inkluderande arbeids- og læringsmiljø kjenneteikna av respekt og openheit. Organisasjonen skal ha gode og opne kommunikasjonskanalar for å sikre brei deltaking og engasjement i utviklinga av høgskulen. Både studentar og tilsette skal medverke i desse prosessane, og gjennom dette få eigarskap til høgskulen og bidra til best mogleg kvalitet på aktivitetane. Hovudmål HiSF skal ha ein effektiv, kunnskapsrik og målretta organisasjon som legg til rette for og støttar opp om kjerneaktivitetane ved høgskulen. Delmål HiSF skal: leggje moderne prinsipp om lærande organisasjonar til grunn for utvikling av ein velfungerande kunnskapsorganisasjon arbeide for systematisk kvalitetsutvikling og god leiing på alle nivå ha ei effektiv ressursforvaltning av høg kvalitet som skal underbyggje dei strategiske prioriteringane ved høgskulen drive målretta kompetansebygging, rekruttering og leiaropplæring for å sikre eit høgt kunnskapsnivå, god kvalitet og profesjonalitet i alle delar av den faglege og administrative verksemda auke delen fagtilsette med førstekompetanse og toppkompetanse til meir enn 50 pst. ha gode og opne kommunikasjonskanalar for å sikre deltaking og engasjement blant tilsette og studentar sikre studentar og tilsette medverknad og involvering i avgjerdsprosessar ved høgskulen på ein målretta måte byggje opp gode fag- og studiemiljø på campus i Sogndal og i Førde 6

7 7 Særskilt viktige område Studentrekruttering Å halde oppe, og om mogleg auke, den gode studentrekrutteringa er den største utfordringa for HiSF dei neste åra. Vi må derfor styrke arbeidet vårt på dette feltet. Særleg ønskjer vi å rekruttere fleire godt kvalifiserte studentar. Rekrutteringa frå folkerike delar av landet som Bergensområdet og det sentrale Austlandsområdet må verte betre. Undersøkingar viser at ca. 40 pst. av studentane frå andre delar av landet vert verande i arbeid i Sogn og Fjordane etter avslutta utdanning. Dei fleste studentane frå Sogn og Fjordane får også jobb her i fylket. I det vidare arbeidet med å rekruttere dyktige studentar til høgskulen ønskjer vi å samarbeide med arbeids- og næringslivet i fylket. HiSF og regionen Ein fagleg sterk og god høgskule er vesentleg for den vidare utvikling av Sogn og Fjordane. Kandidatane vi utdannar, spelar ei svært viktig rolle som arbeidstakarar i skule-, helse- og sosialsektoren i heile fylket. Også i det lokale næringslivet har mange delar av utdanninga si frå HiSF. Fleire av vidareutdanningane våre er utvikla saman med arbeidslivet i fylket. Viktige delar av forskinga vår er også regionalt forankra. Det er nødvendig for HiSF å ha eit godt og konstruktivt samarbeid med regionen. Vi vil saman med regionen vidareutvikle innovative miljø og kunnskapsklyngjer kring campus i Sogndal og Førde, med spreiing til resten av fylket. Vi skal vere opne for å utvikle næringsretta studium og utdanningar på område der høgskulen ikkje har eigen kompetanse, saman med andre høgare utdanningsinstitusjonar. Det er òg eit mål å vidareutvikle samarbeidet med Fagskulen i Sogn og Fjordane. HiSF i det framtidige UH-Noreg HiSF er ein høgskule med ei brei studieportefølje og mange yrkesretta bachelorutdanningar. Vi utdannar kandidatar som er svært viktige for arbeidslivet i fylket. Av den grunn er det vesentleg for HiSF å halde fram som ein sjølvstendig høgskule. Både frå arbeidslivet i fylket og frå studentane vert dette sterkt understreka. Men for å styrke høgskulens faglege verksemd ser vi det som sterkt ønskjeleg å utvide samarbeidet innanfor UH-nett Vest. Institusjonane i dette nettverket vil no styrke samarbeidet, både innanfor utdanning, forsking og administrative oppgåver. Dette inneber ei sterkare arbeidsdeling og ei meir effektiv ressursutnytting for institusjonane. For HiSF er eit meir forpliktande samarbeid mellom UHinstitusjonane på Vestlandet, helst innanfor ramma av UH-nett Vest, både ønskjeleg og nødvendig. Men HiSF skal også samarbeide med andre høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar, når dette er riktig og nødvendig for å utvikle meir solide fagmiljø og betre utdanningar. Internasjonalisering Meir enn nokosinne er kunnskapen global. Dette skal i sterkare grad avspegle arbeidet ved HiSF. Vi skal styrke den internasjonale aktiviteten, auke kvaliteten i arbeidet og vere ein attraktiv partnar for internasjonalt samarbeid. Internasjonalisering skal vere ein integrert del av verksemda til høgskulen. Det inneber ei klarare forankring både på institusjons- og avdelingsnivå. Vi skal ha ei strategisk oppbygging og vidareutvikling av det internasjonale arbeidet, med konkrete målsetjingar og planar samt ei klar ansvarsdeling. Arbeidet skal vere fagleg forankra, bidra til kvalitetsheving av institusjonen, og byggje på samarbeid med viktige partnarar som styrker vår regionale posisjon. Vi skal rekruttere fleire utvekslingsstudentar ved å opprette engelskunderviste emne integrert i eksisterande studieprogram. Vi skal oppmuntre studentane våre om å ta delar av studiet i utlandet. 7

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND 2010-2011

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND 2010-2011 STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND 2010-2011 INNHALD Strategiplan for Høgskolen i Ålesund 2010 2011 3: Innleiing 4: Visjon 5: Samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon 6: Verdiane 7: Dei overordna måla 8-12:

Detaljer

STRATEGISK PLAN

STRATEGISK PLAN STRATEGISK PLAN 2006-2010 Versjon 30.05.06 Innleiing Den strategiske planen til Høgskulen i Volda (HVO) inneheld mål og strategiar knytte til hovudoppgåvene til høgskulen: utdanning forskings- og utviklingsarbeid

Detaljer

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark 2010-2015

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark 2010-2015 Strategisk plan for Høgskolen i Telemark 2010-2015 Rullert av rektor pr. 15.01.15, jf. S-sak 63/14 vedtakspkt. 1 I Verksemdsidéen Høgskolen i Telemark (HiT) skal oppfylle samfunnsoppdraget sitt ved å tilby

Detaljer

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark Strategisk plan for Høgskolen i Telemark 2010-2014 Rullering Framlegg frå rektor 26.02.14 I Verksemdsidéen Høgskolen i Telemark (HiT) skal oppfylle samfunnsoppdraget sitt ved å tilby utdannings-, forskings-

Detaljer

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009 Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009 SAMFUNNSOPPDRAGET gh UTDANNING FORSKING FORMIDLING De statlige høgskolene skal medvirke til forskning, utviklingsarbeid,

Detaljer

Strategi Forord

Strategi Forord Forord Distriktssenteret sin Strategi 2020 skal vere eit praktisk verktøy til inspirasjon i vårt daglege arbeid. Strategi 2020 skal sikre oss god retning og måloppnåing. På den måten kan lokalt utviklingsarbeid

Detaljer

Strategisk plan. Høgskolen i Nord-Trøndelag Nærleik til kunnskap

Strategisk plan. Høgskolen i Nord-Trøndelag Nærleik til kunnskap Høgskolen i Nord-Trøndelag 2013 2016 Nærleik til kunnskap Vedteken av styret i HiNT 7. juni 2012 2 HiNTs rolle og eigenart (Foto: Simon Aldra) Samfunnsoppdraget til Høgskolen i Nord-Trøndelag er å utdanne

Detaljer

Strategiplan for FoU

Strategiplan for FoU FoU Strategiplan for FoU 2008-2011 Vedteken av styret for HVO 24. april 2008 FoU ved HVO mål, faglege satsingsområde, kompetanseutvikling og tiltak 1 INNLEIING Arbeidet med strategiplan for FoU for perioden

Detaljer

Strategi 2016 2020 Høgskolen i Bergen. Samspel i kunnskapsfronten. Sak 18 15/16 Vedlegg 6

<forside> Strategi 2016 2020 Høgskolen i Bergen. Samspel i kunnskapsfronten. Sak 18 15/16 Vedlegg 6 Strategi 2016 2020 Høgskolen i Bergen Samspel i kunnskapsfronten Strategi 2016 2020 Strategien «Samspel i kunnskapsfronten» viser kor Høgskolen i Bergen er i dag, kven vi er, kor vi

Detaljer

Rådgjevarkonferansen 2009

Rådgjevarkonferansen 2009 Rådgjevarkonferansen 2009 Dei neste 15 min. Tørre facts om HSF Utfordringar for HSF HSF - ein attraktiv høgskule? Utdanningar ved HSF og spennande planar Ta med elevane på besøk til HSF! Tørre facts Høgskulen

Detaljer

H A N D L I N G S P L A N 2013 2015 for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

H A N D L I N G S P L A N 2013 2015 for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane 1 H A N D L I N G S P L A N 2013 2015 for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategiplan for Høgskulen i Sogn og Fjordane 2010-2014 ligg til grunn for biblioteket sine prioriteringar OVERORDNA

Detaljer

Strategiplan for FoU

Strategiplan for FoU ^ HØGSKULEN I VOLDA Boks Soo I 6,m Volda i NorHa, I T'70 07 50 00 I F:70 0750 51 ^ I E:Ømottak(dhiØlda.no ^ www.hivolda.no ^ Strategiplan for FoU Revidert FoU-plan for perioden 2008-2012 FoU ved HVO -

Detaljer

Regional plan for verdiskaping plantema «kunnskap»

Regional plan for verdiskaping plantema «kunnskap» Regional plan for verdiskaping plantema «kunnskap» KS Skuleleiarkonferanse 2016 Atle Hamar www.sfj.no Mandatet for plantema kunnskap byggjer på overordna mål om folketalsutvikling, og er formulert slik

Detaljer

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI ARBEIDSGJEVARSTRATEGI PersonalPolitiske verdiar Stram arbeidsmarknad Vi vil: vera opne og ærlege Vi vil: samarbeida Auka behov for arbeidskraft Vi vil: visa respekt og likeverd for kvarandre Vi vil: gi

Detaljer

Strategisk plan 2014-2017

Strategisk plan 2014-2017 Strategisk plan 2014-2017 Visjon Høgskolen i Nesna skal være attraktiv, dynamisk og relevant for regionen. Virksomhetsidé Høgskolen i Nesna er en selvstendig høgskole som, alene og i samarbeid med andre

Detaljer

En utvikling på høgskolenes premisser?

En utvikling på høgskolenes premisser? En utvikling på høgskolenes premisser? Muligheter og begrensninger for styrket FoU-aktivitet 21/11-08 Rektor Eli Bergsvik, Høgskolen i Bergen Om forsking i høgskulesektoren Forskningsrådets policy for

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering HØYRINGSINNSPEL Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send

Detaljer

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Oktober 2014 Tittel: Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Dato: Oktober 2014 www.nokut.no Forord NOKUT har vore i kontinuerleg endring sidan

Detaljer

STRATEGIPLAN 2012-2016 VEDTATT AV HØGSKOLESTYRET 29.02.2012, HS SAK 13/12

STRATEGIPLAN 2012-2016 VEDTATT AV HØGSKOLESTYRET 29.02.2012, HS SAK 13/12 STRATEGIPLAN 2012-2016 VEDTATT AV HØGSKOLESTYRET 29.02.2012, HS SAK 13/12 HiHs rolle Høgskolen i Harstad skal være en lokal og regional vekstkraft. Høgskolen i Harstad skal, med forankring i nasjonal og

Detaljer

Strategiplan for Forsking og utvikling (FoU)

Strategiplan for Forsking og utvikling (FoU) Strategiplan for Forsking og utvikling (FoU) 2012-2015 Godkjend av styret 26. april 2012 FoU ved Høgskulen i Volda mål, faglege satsingsområde, kompetanseutvikling og tiltak Side 1 av 5 INNLEIING Alle

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR INTERNASJONALISERING 2006-2008 HØGSKULEN I VOLDA

HANDLINGSPLAN FOR INTERNASJONALISERING 2006-2008 HØGSKULEN I VOLDA HANDLINGSPLAN FOR INTERNASJONALISERING 2006-2008 HØGSKULEN I VOLDA Vedtatt i Styret for Høgskulen i Volda 27.10.06 sak 47/2006 INNLEIING Internasjonalisering er eit sentralt element i norsk utdanningspolitikk.

Detaljer

Høgskolen i Sørøst-Norge. Forskning og faglig utviklingsarbeid

Høgskolen i Sørøst-Norge. Forskning og faglig utviklingsarbeid Høgskolen i Sørøst-Norge Forskning og faglig utviklingsarbeid 2017-2021 A B Strategi for forskning og faglig utviklingsarbeid ved HSN Høgskolens ambisjon om å bidra til forskningsbasert arbeidslivsog samfunnsutvikling

Detaljer

Avtale om gjennomføring av fusjon mellom

Avtale om gjennomføring av fusjon mellom Avtale om gjennomføring av fusjon mellom Høgskolen i Bergen (HiB), Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) og Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) 25.mai 2016 1 1. Bakgrunn 9. juni 2016 vedtok dei tre høgskulestyra

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering HØYRINGSINNSPEL Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send

Detaljer

Møre og Romsdal fylke som regional utviklingsaktør - "Arbeidsgivarpolitikk for framtida"

Møre og Romsdal fylke som regional utviklingsaktør - Arbeidsgivarpolitikk for framtida saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 09.03.2009 MR 8051/2009 Marianne Hojem Bye Saksnr Utval Møtedato U-43/09 Fylkesutvalet 27.03.2009 T-07/09 Fylkestinget 21.04.2009 Møre og Romsdal fylke

Detaljer

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane 2012 2015 Fagopplæringsnemnda er fagopplæringa sitt utøvande faglege organ i fylket. Paragrafane 12-3 og 12-4 i opplæringslova omhandlar kva

Detaljer

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland 2014 Kort om handlingsprogrammet Årleg handlingsprogram som er tufta på «Regional Næringsplan for Hordland 2014 2017». Vedtatt av fylkesutvalet 20. februar.

Detaljer

Strategisk plan for Norges idrettshøgskole 2006-2010

Strategisk plan for Norges idrettshøgskole 2006-2010 Strategisk plan for Norges idrettshøgskole 2006-2010 Bakgrunn Idrettsaktiviteter har et stort omfang i det norske samfunnet og spiller en viktig rolle i mange menneskers liv. Så å si alle barn og unge

Detaljer

Fra nestleder-ståstedet. Innlegg UHR s dekanskole Lise Iversen Kulbrandstad, nestleder UHR, rektor Høgskolen i Hedmark

Fra nestleder-ståstedet. Innlegg UHR s dekanskole Lise Iversen Kulbrandstad, nestleder UHR, rektor Høgskolen i Hedmark Fra nestleder-ståstedet. Innlegg UHR s dekanskole 9.10.2013 Lise Iversen Kulbrandstad, nestleder UHR, rektor Høgskolen i Hedmark å bidra til å utvikle og fremme høyere utdanning, forskning og faglig og

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering HØYRINGSINNSPEL Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send

Detaljer

Ei regional satsing for forsking i kommunal sektor - kva kan vi få til? Regionalt forskningsfond, Vestlandet. Styreleiar Åshild Kjelsnes.

Ei regional satsing for forsking i kommunal sektor - kva kan vi få til? Regionalt forskningsfond, Vestlandet. Styreleiar Åshild Kjelsnes. Ei regional satsing for forsking i kommunal sektor - kva kan vi få til? Regionalt forskningsfond, Vestlandet Styreleiar Åshild Kjelsnes. Om: Regionalt forskingsfond Vestlandet Fondsregionen: Sogn og Fjordane,

Detaljer

INTERNASJONAL STRATEGI

INTERNASJONAL STRATEGI INTERNASJONAL STRATEGI 2008 2009 SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE AUGUST 2007 1. Innleiande kommentarar Det internasjonale engasjementet i Sogn og Fjordane er aukande. Dette skapar utfordringar for fylkeskommunen,

Detaljer

FRÅ SAK TIL SAKS ALLMØTE

FRÅ SAK TIL SAKS ALLMØTE FRÅ SAK TIL SAKS ALLMØTE 18.8.2014. DISPOSISJON 1. Bakgrunn: frå SAK til SAKS 2. Oppdragsbrevet frå KD 26.5.2014 3. Demografisk utvikling og rekruttering av studentar 4. Strategisk profil for HVO 5. Styrker

Detaljer

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling. Vedteken i Sogn regionråd 31. mars 2017 Handlingsplan 2017 1 Næringsutvikling Etablering av nye og vekst i eksisterande private og offentlege verksemder i regionen. Regionen skal ha eit samhandlande og

Detaljer

SOGN driftig raus ekte

SOGN driftig raus ekte SOGN driftig raus ekte Regionalplan for splan 2013-2014 Næringsutvikling Fylkesgrenser grenser hinder eller utvikling? Sogn skal styrka seg som region og bli interessant for nye etableringar. må bli meir

Detaljer

Pedagogisk plattform

Pedagogisk plattform Pedagogisk plattform Visjon Fag og fellesskap i fokus Våre verdiar Ver modig Ver imøtekommande Ver truverdig Pedagogisk plattform Vi bygger på Læringsplakaten og konkretiserer denne på nokre sentrale område:

Detaljer

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er: Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane 2012-2013 Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider: 5 Styringsdokument Opplæringsdirektøren Skoleåret 2012-13

Detaljer

Strategisk plan UTKAST

Strategisk plan UTKAST Strategisk plan 15.11.2007 UTKAST Prosess 30. oktober styrebehandling. Styret ønsket en kort strategisk plan og en mer omfattende handlingsplan. November høring internt med behandling i avdelinger, administrasjonen

Detaljer

Handlingsplan for internasjonalisering

Handlingsplan for internasjonalisering Handlingsplan for internasjonalisering - Hovudmål 1: HVO skal ta aktivt del i EU-programma for utdanning, forsking og innovasjon, samt nordiske og nasjonale satsingar knytt til internasjonaliseringsfeltet.

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Rammeplan for barnehagen Fagdagane i Loen 7. 8. juni 2017 Rammeplanen som styringsdokument Rammeplan for barnehagens innhold

Detaljer

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56 Austevoll kommune Hordaland Fylkeskommune 5020 BERGEN Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref. 24.11.2016 John Tveit 16/343-56 Melding om vedtak Høyringsuttale frå Austevoll kommune til intensjonsplan for

Detaljer

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark VEDLEGG 2 Strategisk plan for Høgskolen i Telemark 2010-2014 ************** Rektors framlegg til rullert plan 28.11.11 2 I Verksemdsidéen Høgskolen i Telemark (HiT) skal oppfylle samfunnsoppdraget sitt

Detaljer

Forventningar til og utfordringar for nettlærarane

Forventningar til og utfordringar for nettlærarane Forventningar til og utfordringar for nettlærarane Jostein Tvedte, Høgskulen Stord/Haugesund = nettlærar sidan starten (JITOL/NITOL) = seksjonsleiar for IKT i avd. for LU =medlem av styret i HSH Kven er

Detaljer

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI 1 INNLEEING... 3 1.1 Rådmannen sitt forord... 3 1.2 Lov og forskrift... 3 2 ARBEIDSGJEVARSTRATEGI... 4 2.1 Etikk og samfunnsansvar:... 5 2.2 Politikk og administrasjon:...

Detaljer

Strategisk plan for LLE

Strategisk plan for LLE Strategisk plan for LLE 2016 2022 Vedteken av instituttrådet 26.01.2017 0 Om dette dokumentet Den strategiske planen for LLE er forankra i den strategiske planen for Det humanistiske fakultet 2016 2022

Detaljer

Høgskolen i Lillehammer. Strategisk plan 2012-2015. hil.no

Høgskolen i Lillehammer. Strategisk plan 2012-2015. hil.no Høgskolen i Lillehammer Strategisk plan 0-05 hil.no Strategisk plan for høgskolen i lillehammer 0-05 De fire sektormålene er fastsatt av Kunnskapsdepartementet (KD). Virksomhetsmålene er basert på vedtak

Detaljer

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE. 2004 2007, vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, 15.01.04. for

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE. 2004 2007, vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, 15.01.04. for Gol kommune Arkivkode Vår ref. Dykkar ref. Dato 400 04/00137-001 - AKV 16.01.04 ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM for GOL KOMMUNE 2000 2003, vedteke i Kommunestyret, sak 0051/00, 24.10.00 2004 2007, vedteke

Detaljer

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid Tenesteavtale 7 Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid Innhald 1 Partar 2 2 Bakgrunn og lovgrunnlag 2 2.1 Avtalen byggjer på 2 3 Formål og virkeområde

Detaljer

Strategisk plan Institutt for framandspråk 2008 2010

Strategisk plan Institutt for framandspråk 2008 2010 Strategisk plan Institutt for framandspråk 2008 2010 Forord Institutt for framandspråk (IF) vart oppretta 01.08.2007. Instituttet har ein administrasjon på 13 tilsette og om lag 115 vitskapleg tilsette

Detaljer

Møtebok for Høgskulestyret

Møtebok for Høgskulestyret Møtebok for Høgskulestyret Møtestad: Tørvis Hotell, Marifjøra Dato: 17.06.2014 Tidspunkt: 09:00 14:00 Følgjande medlemar møtte: Namn Funksjon Vara for Heidi-Kathrin Osland Styreleiar Olav Grov Olav Refsdal

Detaljer

Handlingsprogram for 2015 2020

Handlingsprogram for 2015 2020 Handlingsprogram for 2015 2020 Tematisk forskingssatsing for folkehelse, livsstil og overvekt 24. november 2014 John Roger Andersen, Ph.D Forskingsgruppeleiar Forskingsgruppe for folkehelse, livsstil og

Detaljer

Studenttinget 2015/2016

Studenttinget 2015/2016 Studenttinget 2015/2016 Sakspapir 7. møte, 16.03.16. Sak 00-15/16: Konstituering... 2 Sak 01-15/16: Godkjenning av innkalling og referat... 3 Sak 02-15/16: Godkjenning av sakliste og dagsorden... 4 Sak

Detaljer

Strategi 2020. for. Høgskolen i Oslo og Akershus. Ny viten, ny praksis

Strategi 2020. for. Høgskolen i Oslo og Akershus. Ny viten, ny praksis Strategi 2020 for Høgskolen i Oslo og Akershus Visjon Ny viten, ny praksis HiOA har en ambisjon om å bli et universitet med profesjonsrettet profil. Gjennom profesjonsnære utdanninger og profesjonsrelevant

Detaljer

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar? Her vil de finne forslag på ulike refleksjonsoppgåver. Desse er meint som inspirasjon. Plukk nokre få. Kvar avdeling/eining kan med fordel tilpasse desse slik at dei er spissa mot deltakarane sin arbeidsdag.

Detaljer

Strategi Visjonen: Samskaping av kunnskap. Strategien og samfunnsoppdraget. Læring og utdanning for framtiden.

Strategi Visjonen: Samskaping av kunnskap. Strategien og samfunnsoppdraget. Læring og utdanning for framtiden. Strategi 2016-2020 Vedtatt av styret for UiA, 20. juni 2016 Visjonen: Samskaping av kunnskap Strategien og samfunnsoppdraget Læring og utdanning for framtiden UiA skal styrke koblingen mellom utdanning,

Detaljer

Kunst- og designhøgskolen i Bergen er en ledende arena for nytenkning og utprøvende kunstnerisk utviklingsarbeid og utdanning.

Kunst- og designhøgskolen i Bergen er en ledende arena for nytenkning og utprøvende kunstnerisk utviklingsarbeid og utdanning. STRATEGIPLAN 2012 2016 er en ledende arena for nytenkning og utprøvende kunstnerisk utviklingsarbeid og utdanning. Strategiplan 1 I 2016 er kunstnerisk utviklingsarbeid og forskning, utdanning og formidling

Detaljer

SAMSPEL I KUNNSKAPSFRONTEN STRATEGI

SAMSPEL I KUNNSKAPSFRONTEN STRATEGI SAMSPEL I KUNNSKAPSFRONTEN STRATEGI 2016 2020 HØGSKOLEN I BERGEN HAR DESSE AVDELINGANE OG SENTERA: Avdeling for helse- og sosialfag Avdeling for lærarutdanning Avdeling for ingeniør- og økonomifag Senter

Detaljer

Strategisk plan for FoU, HiB. Planer og visjoner? Realistiske mål? Forpliktende?

Strategisk plan for FoU, HiB. Planer og visjoner? Realistiske mål? Forpliktende? Strategisk plan for FoU, HiB Planer og visjoner? Realistiske mål? Forpliktende? Mål for FoU i strategisk plan Forskings- og utviklingsarbeidet ved høgskulen skal møta behov i samfunns- og næringsliv regionalt

Detaljer

Tiltaksplan 2009 2012

Tiltaksplan 2009 2012 Tiltaksplan Tiltaksplan for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Revidert 2011 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Innleiing Grunnlaget for tiltaksplanen for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering HØYRINGSINNSPEL Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send

Detaljer

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Referat frå møte i Internasjonalt forum Referat frå møte i Internasjonalt forum Når: Tysdag 31.januar kl.12 Stad: Foss, stort møterom Til stades: Terje Bjelle, Bjarne Gjermundstad, Kari Thorsen, Åge Wiberg Bøyum, Ane Bergersen, Erik Kyrkjebø,

Detaljer

Ungdomstrinnsatsinga

Ungdomstrinnsatsinga Ungdomstrinnsatsinga 2012-2016 Stortinget behandla stortingsmeldinga om ungdomstrinnet Meld. St. 22 (2010 2011) Motivasjon Mestring Muligheter i januar 2012. Strategi for ungdomstrinnet: Motivasjon og

Detaljer

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan 2014 2015. Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan 2014 2015. Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon Utviklingsplan for næringsarbeid 2014 2015 Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan 2014 2015 Innhald 1. Innleiing om planen og arbeidet 1.1 Innleiing s. 3 1.2 Historikk s. 3 2. Verdigrunnlag

Detaljer

Kunnskap for ei betre verd

Kunnskap for ei betre verd Kunnskap for ei betre verd NTNU internasjonalt framifrå Strategi 2011 2020 for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet - NTNU Vedteken av styret for NTNU 30. mars 2011 Visjon: Kunnskap for ei betre

Detaljer

Utkast til strategi

Utkast til strategi til strategi 2017-2022, v.0.8.1 til strategi 2017-2022 til strategi 2017-2022, v.0.8.1 Vi blir stadig fleire. Vi lever lenger, og utviklinga innan teknologi og medisin gir oss heile tida nye moglegheiter

Detaljer

Tenesteavtale 7. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om innovasjon, forsking og utdanning

Tenesteavtale 7. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om innovasjon, forsking og utdanning Tenesteavtale 7 Mellom XX kommune og Helse Fonna HF Samarbeid om innovasjon, forsking og utdanning Innhald 1 Partar... 2 2 Bakgrunn og lovgrunnlag... 2 2.1 Avtalen byggjer på... 2 3 Føremål og verknadsområde...

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet 29.01.2015 007/15 Kommunestyret 12.02.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 14/638-15/326 K1-024 Jan Olav Åsarmoen Møller 57 63

Detaljer

Leiing i skolen. Oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvar ARTIKKEL SIST ENDRET: Leiing er å ta ansvar for at

Leiing i skolen. Oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvar ARTIKKEL SIST ENDRET: Leiing er å ta ansvar for at Leiing i skolen Skoleleiinga, med rektor i spissen, kan ha stor positiv innverknad på læringsmiljøet og elevane sitt læringsutbytte. Dette føreset utøving av god leiarskap. Her beskriv vi kva for krav

Detaljer

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Strategiplan for Apoteka Vest HF Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.91 03.09.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka

Detaljer

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane. Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane. 2013-2015 Innleiing Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane i Hordaland

Detaljer

Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde

Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde Sogn og Fjordane Prosjektleiarane Sissel Espe og Inger Marie Evjestad Frå Ny GIV til Gnist Auka gjennomføring i vidaregåande opplæring Prosjektkoordinator Ny GIV Sissel Espe

Detaljer

Bli lærling i BYGGOPP

Bli lærling i BYGGOPP Vi treng mange fagarbeidarar Bli lærling i BYGGOPP Kvalifisert for framtida Bygg- og anleggsverksemda i Noreg har aldri vore større. Stor vekst både i befolkning og næringsliv vil gje behov for nye utbyggingar

Detaljer

Nytt program for internasjonalisering i lærarutdanninga Invitasjon til innspel og møte i Bergen 14. juni 2017

Nytt program for internasjonalisering i lærarutdanninga Invitasjon til innspel og møte i Bergen 14. juni 2017 Vår ref: 17/00505-1 Dykkar ref: Dato: 23.05.2017 Nytt program for internasjonalisering i lærarutdanninga Invitasjon til innspel og møte i Bergen 14. juni 2017 Senter for internasjonalisering av utdanning

Detaljer

Norges miljø- og biovitenskapelige universitet. Strategi 2014 2018

Norges miljø- og biovitenskapelige universitet. Strategi 2014 2018 Norges miljø- og biovitenskapelige universitet Strategi 2014 2018 Mulighetenes tid en ambisiøs strategi for NMBU Dette er en tid for store muligheter og store forventninger. Fusjonen og den forestående

Detaljer

Kommunedelplan for oppvekst

Kommunedelplan for oppvekst Bø kommune Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 1 Innhald Innleiing... 3 Frå plan til handling... 3 Visjon for Bø kommune... 4 Målsetting... 4 Strategiar... 4 2 Innleiing Som ein kommune i vekst står

Detaljer

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.01.2016 3917/2016 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato UD 2/16 Utdanningsutvalet 04.02.2016 Fylkesrådmannens tilråding 17.02.2016 Fylkesutvalet

Detaljer

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Søknad om vidareføring av prosjektet Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Prosjektansvarleg: Gro Jensen Gjerde, Samarbeidsrådet for Sunnhordland Prosjektleiar: Trond Haga, Kværner

Detaljer

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006. Prinsipper for opplæringen Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006. ARTIKKEL SIST ENDRET: 25.08.2015 Innhold Innleiing Læringsplakaten Sosial og kulturell kompetanse Motivasjon

Detaljer

Strategi for Haraldsplass diakonale høgskole 2012-2016

Strategi for Haraldsplass diakonale høgskole 2012-2016 Side 1 av 5 Strategi for Haraldsplass diakonale høgskole 2012- Innhold 1. Verdigrunnlag og visjon... 1 2. Formål... 1 3. Hovedmål for perioden... 2 4. Satsingsområder for perioden... 2 4.1 Utdanning...

Detaljer

Norges miljø- og biovitenskapelige universitet. Strategi

Norges miljø- og biovitenskapelige universitet. Strategi Norges miljø- og biovitenskapelige universitet Strategi 2014 2018 Mulighetenes tid en ambisiøs strategi for NMBU Dette er en tid for store muligheter og store forventninger. Fusjonen og den forestående

Detaljer

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE TRAINEE I SOGN OG FJORDANE Prosjektplan for Framtidsfylket Trainee frå og med haust 2014 Framtidsfylket Trainee er den einaste fylkesdekkjande traineeordninga i landet for kandidatar med bachelor- eller

Detaljer

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid Tenesteavtale7 Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid Innhald 1 Partar 3 2 Bakgrunn og lovgrunnlag 3 -.1 3 Formål og virkeområde 4 4 Aktuelle samarbeidsområde

Detaljer

Strategi og handlingsplan 2013-2016

Strategi og handlingsplan 2013-2016 Strategi og handlingsplan 2013-2016 SISOF Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane STUDENTSAMSKIPNADEN I SOGN OG FJORDANE Forretningsidè: SISOF skal drive velferdstilbod for studentane ved HiSF. Vi skal

Detaljer

Sentral handlingsplan 2013

Sentral handlingsplan 2013 Sentral handlingsplan 2013 per 07.11.12 Basert på vedtak og innspill i styremøte den 30.oktober 2012 og tidligere vedtatt strategisk plan Strategisk plan for HiL 2012 2015. (Basert på styrets behandling

Detaljer

UNIVERSITETS BIBLIOTEKET I BERGEN

UNIVERSITETS BIBLIOTEKET I BERGEN UNIVERSITETS BIBLIOTEKET I BERGEN STRATEGI 2016 2022 // UNIVERSITETET I BERGEN STRATEGI 2016 2022 UNIVERSITETSBIBLIOTEKET I BERGEN 3 INNLEDNING Universitetsbiblioteket i Bergen (UB) er et offentlig vitenskapelig

Detaljer

Strategi 2024 Leverer kunnskap som løser samfunnets utfordringer

Strategi 2024 Leverer kunnskap som løser samfunnets utfordringer Strategi 2024 Leverer kunnskap som løser samfunnets utfordringer Ny viten ny praksis Visjon og slagord Visjon Leverer kunnskap som løser samfunnets utfordringer Slagord Ny viten ny praksis Våre verdier

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Rammeplan for barnehagen Utdannings og oppvekstmøte 31. mai 1. juni 2017 Rammeplanen som styringsdokument Rammeplan for barnehagens

Detaljer

Program for. Årdal Venstre

Program for. Årdal Venstre Program for Årdal Venstre for perioden 2015-2019 Venstre prioriterar Unge fyrst. Årdal Venstre vil vera eit tydeleg alternativ i kommune politikken. Vår visjon er å gjera Årdal meir attraktiv som vertskommune.

Detaljer

Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf 57 67 60 75 15.10.2009

Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf 57 67 60 75 15.10.2009 1 av 5 Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf 57 67 60 75 15.10.2009 Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 Oslo Regionalt samarbeid om utvikling av fireårig grunnskulelærarutdanning

Detaljer

Føringer i fusjonsplattformen. Møte i gruppe for faglig organisering 18.09

Føringer i fusjonsplattformen. Møte i gruppe for faglig organisering 18.09 Føringer i fusjonsplattformen Møte i gruppe for faglig organisering 18.09 Høy kvalitet Våre studenter skal oppleve undervisning, læring og læringsmiljø med høy kvalitet og høye kvalitetskrav. Utdanningene

Detaljer

Regional kompetansestrategi Sogn og Fjordane sluttrapport fase1

Regional kompetansestrategi Sogn og Fjordane sluttrapport fase1 Regional kompetansestrategi Sogn og Fjordane sluttrapport fase1 1.Bakgrunn For å følgje opp OECD-rapporten «Skills strategy for Norway» har regjeringa sett i gang eit arbeid for å utvikle ein nasjonal

Detaljer

Vedlegg 2: Målstrukturen for universiteter og høyskoler

Vedlegg 2: Målstrukturen for universiteter og høyskoler Vedlegg 2: Målstrukturen for universiteter og høyskoler Studienes kvalitet Universitetene skal tilby utdanning av høy internasjonal kvalitet som er basert på det fremste innenfor forskning, faglig og kunstnerlig

Detaljer

UTKAST STRATEGI NMBU

UTKAST STRATEGI NMBU UTKAST 14.08.2012 STRATEGI NMBU 2014 2020 1 Kunnskap for livet Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, NMBU, har valgt visjonen «Kunnskap for livet». Visjonen speiler universitetets overordnede

Detaljer

Handlingsplan for likestilling og kjønnsbalanse ved Det teologiske fakultet

Handlingsplan for likestilling og kjønnsbalanse ved Det teologiske fakultet Vedtatt av fakultetsstyret 4. september 2014 Handlingsplan for likestilling og kjønnsbalanse ved Det teologiske fakultet 2014-2017 Visjon for likestillingsarbeidet ved TF: Det teologiske fakultet skal

Detaljer

"Næringsretta IT-utdanning med sterk brukarinvolvering" Fase 1: Mobiliseringsprosjekt i regi av IT-forum Sogn og Fjordane Januar juni 2015

Næringsretta IT-utdanning med sterk brukarinvolvering Fase 1: Mobiliseringsprosjekt i regi av IT-forum Sogn og Fjordane Januar juni 2015 "Næringsretta IT-utdanning med sterk brukarinvolvering" Fase 1: Mobiliseringsprosjekt i regi av IT-forum Sogn og Fjordane Januar juni 2015 Bakgrunn Mykje IT-relatert aktivitet innan offentlig sektor Raskt

Detaljer

Mal for årsplan ved HiST

Mal for årsplan ved HiST Mal for årsplan ved HiST 1. Årsplan/årsbudsjett: (årstall) For: (avdeling) 2. Sammendrag: Sammendraget skal gi en profilert kortversjon av målsettinger og de viktigste tiltakene innenfor strategiområdene:

Detaljer

Leiing i skolen. Krav og forventningar til ein rektor

Leiing i skolen. Krav og forventningar til ein rektor Leiing i skolen Krav og forventningar til ein rektor Innleiing Skoleleiinga, med rektor i spissen, kan ha stor positiv innverknad på læringsmiljøet og elevane sitt læringsutbytte. Dette føreset utøving

Detaljer

Ny regional satsing frå Norges Forskingsråd, i Sogn og Fjordane VRI 4

Ny regional satsing frå Norges Forskingsråd, i Sogn og Fjordane VRI 4 2017 2019 Næringsforum Førde 29. november 2016 Ny regional satsing frå Norges Forskingsråd, i Sogn og Fjordane VRI 4 Arne Monrad Johnsen Sogn og Fjordane fylkeskommune prosjektleiar KVA VIL VI OPPNÅ? I

Detaljer

Spørjeskjema Nynorsk

Spørjeskjema Nynorsk Spørjeskjema 2015 Nynorsk Velkommen til Studiebarometeret! Choose language below / velg språk nederst. Takk for at du vil seie kva du meiner om studieprogrammet ditt. Dine svar kan forbetre studiekvaliteten.

Detaljer

Kommunikasjonsstrategi

Kommunikasjonsstrategi Kommunikasjonsstrategi Jølster kommune 2015 2020 Vedteke av kommunestyret sak 028/15 28.04.2015 INNLEIING Jølster kommune har definerte mål i overordna planar vedtatt av Jølster kommunestyre. Dette er

Detaljer