STUDIEKATALOG Kunnskap for utvikling

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "STUDIEKATALOG 2011 2012 WWW.HLB.NO. Kunnskap for utvikling"

Transkript

1 STUDIEKATALOG Kunnskap for utvikling

2 Velkomen til ein heilt spesiell høgskule! Høgskulen for landbruk og bygdenæringar (HLB) er ein offentleg godkjend privat høgskule som tilbyr fleksible høgskulestudiar med fokus på landbruk, næringsog bygdeutvikling. HLB ligg i Landbruksparken Særheim i Klepp kommune, eit av landets fremste kompetansesenter for landbruk. Me er eigd av meir enn 100 utviklings- og næringsaktørar innanfor landbruk, bygde- og regionalutvikling. Slik sett er me bygdene sine eigen høgskule! HLB sin visjon er å vera ein sentral kunnskapsleverandør for levande og livskraftige bygdesamfunn, og slagordet vårt Kunnskap for utvikling! synleggjer retninga på alt me gjer både på utdannings-, forskings- og utviklingssida. I denne katalogen presenterer me studietilbodet vårt for studieåret 2011/2012. Her er det spennande og nyttige årssstudiar, og Skandinavias einaste bachelorutdanning i bygdeutvikling! Studiane kan takast som heiltid eller deltid, og sjølve undervisninga er konsentrert til korte samlingar gjennom vinterhalvåret. Dette tyder at det meste av arbeidet kan skje heimanfrå uansett kor du bur i Noreg. Me arbeider og heile tida med nye studietilbod. Gå difor innom nettsidene våre med jamne mellomrom. Me håpar å sjå deg som student ved HLB! Beste helsing Dag Jørund Lønning Rektor HLB 2

3 Bachelorstudium i bygdeutvikling (180 studiepoeng) - - EI REISE MOT NYE IDEAR, PERSPEKTIV, PRODUKT OG VERKSEMDER! HLB sitt bachelorstudium (180 studiepoeng) i bygdeutvikling er unikt i Noreg, og gjev eit omfattande utdanningstilbod til mange potensielle målgrupper. Døme kan vera: 99 Entreprenørar og nyskaparar innanfor landbruk og natur/kulturbaserte næringar. 99 Næringsutviklarar i distrikts-noreg. 99 Organisasjonsutviklarar. 99 Personar som arbeider med utviklingsoppgåver innanfor offentleg forvalting (lokal, kommunal, regional). Gjennom bachelorstudiet i Bygdeutvikling skal studentane læra å sjå med nye auge på ressursane dei har rundt seg; dei menneskelege, dei naturbaserte, dei kulturelle, dei sosiale og økonomiske. Dei skal læra å ta i bruk ressursane på nye måtar og slik verta aktive utviklarar og pådrivarar i forhold til eigen livssituasjon og eige miljø. Studiet vil gi grunnleggjande kunnskap om utviklingsarbeid og sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping. Studiet skal stimulera til skaparglede, kreativitet og entreprenørskap, og legg difor også opp til aktivt samarbeid med forvalting, nærings- og organisasjonsliv. Studiet er samansett av: Handlingskompetanse 60 stp. Økonomi og leiing eller Husdyrproduksjon 60 stp. Nyskaping 60 stp. Bachelorutdanninga i bygdeutviklinga leier fram til graden Bachelor i bygdeutvikling. 3

4 Årsstudium i Økonomi og leiing (60 studiepoeng) ØK1 første avdeling: 99 Rekneskap 99 Rettslære 99 Bedriftsøkonomi 99 Landbruksøkonomi/politikk 99 Driftsleiing I ØK2 andre avdeling: 99 Investering/finansiering 99 Globalisering 99 Driftsleiing II 99 Prosjektoppgåver Faget Økonomi og leiing gir: 99 Kunnskap om økonomiske, juridiske og politiske rammevilkår for drifta av ei bedrift eller et gardsbruk. 99 Økonomisk analyse av ein rekneskap. 99 Økonomisk kontroll og styring av investeringar. 99 Kjennskap til internasjonal handel og globalisering av økonomien Målgruppe 99 Alle har nytte av dette studiet! 4

5 Faget Husdyrproduksjon gjev deg: 99 undervisning i generell husdyrproduksjon i første modul 99 spesialisering innan ein husdyrart i andre modul Målgruppe 99 Aktive bønder, rådgivarar, personar aom arbeider i eller ønskjer å arbeida i verkemiddelapparatet for landbruket, og elles alle med interesse for temaet. Målsetjing Studentane skal gjera st i stand til å forstå kva som skal til for å produsera og tilføra marknaden produkt av god kvalitet produsert på ein etisk og forsvarlig måte med tanke på dyrevelferd, effektiv produksjon og sunn økonomi. Målet er å gjera studentane bevisste i forhold til val av driftsopplegg og kvalitetssikring i alle ledd av verdikjeda. Studietur Det vert arrangert ein obligatorisk studietur over tre til fire dagar, i løpet av første modul. Målet med turen er todelt; klassen skal bli betre kjent med kvarandre, samstundes som dei vert motivert for studiet gjennom eit godt fagleg opplegg for studieturen. Gjennom å oppnå eit godt sosialt fellesskap i klassen, vert grunnlaget lagt for at studentane i auka grad kan nytta kvarandre gjennom å diskutera oppgåver og faglege utfordringar. (60 studiepoeng) Årsstudium i Husdyrproduksjon 5

6 Faget Nyskaping handlar om å skapa verdiar - sosiale, kulturelle og økonomiske. Det handlar om: 99 Kreativitet 99 Produktutvikling og -merking 99 Ressursidentifikasjon og ressursutvikling 99 Natur- og kulturbasert næringsutvikling 99 Entreprenørskap 99 Samskaping og nettverksskaping 99 Lokalt/regionalt særpreg - og korleis utnytta dette 99 Korleis bruka lokale ressursar på nye måtar. 99 Korleis utvikla nye produkt, næringar og bedrifter på nye måtar? Kan eg utvikla verksemda mi vidare? Eller kanskje ønskjer eg å starta ny verksemd basert på garden/staden sine særpreg? Faget har relevans for alle som arbeider med utvikling, både i næring, kultur- og organisasjonsliv og i offentleg sektor. Studiet vil motivera til 99 å starta eiga verksemd 99 å fornya eksisterande verksemder 99 produkt-, prosess- og metodeutvikling 99 konsulent-, undervisnings- og rettleiingsarbeid i offentlege og private institusjonar 99 utvikling av nye næringar og yrke Det er nye idear og satsingar som skaper framtida. Gjennom årsstudiet Nyskaping lærer du å verkeleggjera idear og å sjå med nye auge på dine eigne omgivnader: Kan me bruka ressursane våre 6 (60 studiepoeng) Årsstudium i Nyskaping

7 Årsstudium i Handlingskompetanse (60 studiepoeng) Faget Handlingskompetanse handlar om: 99 personleg utvikling, 99 kommunikasjon og samarbeid 99 endring og endringskompetanse 99 leiing og sjølvleiing Målgruppe 99 for alle 99 for personar med leiaransvar, rettleiingsoppgåver, medarbeidaransvar, prosjektansvar Gjennom kurset lærer ein å 99 verta bevisst, ta i bruk og utvikla eigne (skjulte/ubrukte) ressursar 99 styrka eigen endringskompetanse, yrkesmessig og privat 99 takla stor grad av fleksibilitet 99 takla stor grad av kaos, uro, endring 99 kunna samarbeida Handlingskompetanse er eit tverrfagleg studium der vi brukar teori frå pedagogikk, psykologi, sosiologi og filosofi til å belysa, analysera og forstå individ, grupper, samfunn, og samspel mellom individ, mellom grupper og mellom individ, grupper og samfunn. Tilknyting til praksis får ein gjennom eigne erfaringar, tidlegare og nye, eksempel og erfaringsutveksling. Øvingar og oppgåver går på å få nye erfaringar, erfara på ein ny måte, bearbeida erfaringar og å utforska det ukjente. 7

8 BILDE: JÆREN 8

9 Forsking og utvikling HLB sin visjon er å vera ein sentral kunnskapsleverandør for levande og livskraftige bygdesamfunn. HLB har og som mål å vera Noregs fremste kunnskapsmiljø for bygdeutvikling. Desse målsetjingane pregar den raskt veksande forskingsaktiviteten ved høgskulen. HLB er involvert i ei rekke nasjonale og internasjonale forskings- og utviklingsprosjekt med vekt på utviklingsorientering. Her er nokre: 99 Med gründerblikk på bygderessursar. Nasjonalt pilotprogram om entreprenørskap i høgare utdanning. 99 Europeisk samarbeid om korleis ulike modellar for landbruksstøtte påverkar økonomisk, sosial og kulturell utvikling i bygdeområde. 99 Europeisk samarbeid om inkluderande læringsmodellar for høgare utdanning. 99 Internasjonalt forskarsamarbeid om bruk av hest i næring. 99 Følgeevaluering og forsking rundt ny bruk av tomme driftsbygningar i landbruket. 99 Fleire forskings- og utviklingssatsingar rundt identifisering og bruk av lokalt/regionalt særpreg i nærings- og stadutvikling. 99 Forsking og utvikling rundt kulturelle landskap og landskapsregionar. HLB er heile tida open for nye oppdrag og samarbeid innanfor våre fag- og kompetanseområde. Sjekk og våre nettsider for forskingsresultat og publikasjonar! 9

10 Nye moglege studietilbod frå hausten 2011 HLB søkjer i år akkreditering (offentleg godkjenning) for to nye studiar som me vonar å kunna setja i gang frå hausten Me tek mot søknader om opptak innan vanleg søknadsfrist, men ingen studentar vert tekne opp før akkreditering er klar (truleg tidleg sommar 2011): Årsstudium Hest i næring 60 studiepoeng Hestehald er i vinden som aldri før, og hesten er og ein stendig viktigare del av norsk landbruk. Hest som hovud- eller tilleggsnæring kan bidra til å skapa arbeidsplassar og aktivitet på gardane og representera ei inntektskjelde for eigarane i tida framover. Dette studiet vil gje ei brei tilnærming til korleis hesten kan nyttast til inntektsgjevande verksemd. Studentane vil og få god innføring i tema som etisk dyrehald, foring og veterinærfag. Studietilbodet vender seg til ei brei målgruppe, blant anna personar som: 99 har lang praktisk erfaring med hest men manglar formell kompetanse, 99 ønskjer å spesialisera seg på å dyrka fôr til hest, 99 ønskjer å nytta garden til turisme og ser hesten som ein naturlig del av tilbodet, 99 ønskjer å utvikla eit Inn på tunet - tilbod og vil nytta hesten i dette 99 ønskjer å utvikla tilbod om rideundervisning eller andre former for ridetilbod, 99 ønskjer å tilby oppstalling og treningsfasilitetar, 99 ønskjer å utvikla og tilby kursverksemd i ulike tema og retningar innan hestehald. 10

11 Halvårseining Driftsleiing i landbruket (30 studiepoeng) Moderne landbruk krev store investeringar og ikkje minst kunnskap om økonomisk styring og kontroll. Dette studiet vil gje ei djuptgåande innføring i temaet driftsleiing. Etter fullført studium skal studenten vera kvalifisert for landbruksorientert driftsleiing, men den generelle kompetansen studiet gir vil og kunne nyttast innan økonomi- og personalfunksjonar i allmenne føretak i offentlege og private verksemder. Studiet i Driftsleiing er ei vidareføring av studiet Økonomi og leiing, og det er såleis sterkt tilrådd at studenten har gjennomført dette på førehand. 11

12 Generelt om studiane: Alle studiar er samlingsbaserte. Studentane samlast på Særheim over to-tre dagar ein til to gongar i månaden (avhengig av om ein tek 30 eller 60 studiepoeng pr studieår). Undervisninga føregår mellom september/oktober og april. Utover samlingane skjer arbeid og kommunikasjon over epost/internett. Denne modellen opnar for at studiar ved HLB lett kan kombinerast med anna arbeid. Samlingsmodellen gjer og at studentar kan bu over heile landet og likevel studera ved høgskulen. Studiane er godkjende i Statens Lånekasse for Utdanning. Søknadsfrist: 15 mai. Opptak fram til studiestart dersom ledige plassar. Opptakskrav: Studiekompetanse eller realkompetanse. Studieavgift: Studieavgift er for tida kr. 670,- per studiepoeng. Kontakt: Høgskulen for landbruk og bygdenæringar Postvegen Klepp stasjon Tlf: Epost: Mykje informasjon, inkludert søknadsskjema, ligg på HLB si heimeside:

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND 2010-2011

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND 2010-2011 STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND 2010-2011 INNHALD Strategiplan for Høgskolen i Ålesund 2010 2011 3: Innleiing 4: Visjon 5: Samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon 6: Verdiane 7: Dei overordna måla 8-12:

Detaljer

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012 Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Ungdomsskolane i Møre og Romsdal Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 63838/2010/A49 Jane Anita Aspen,71 25 87 75 21.12.2010 - Informasjon

Detaljer

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten. Rapport. Innbyggjarundersøkinga 2015 Ulvik herad. Generelt om spørsmåla: Spørsmåla kunne graderast på ein skala frå 1-6, kor 1 var dårlegast. Eit gjennomsnitt på 3,5 vil seie ein vurderingsscore midt på

Detaljer

STUDIEPLAN UTDANNING I JURIDISK METODE EI INNFØRING

STUDIEPLAN UTDANNING I JURIDISK METODE EI INNFØRING STUDIEPLAN UTDANNING I JURIDISK METODE EI INNFØRING 5 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 17. oktober 2012 1. Innleiing Rettstryggleiken til borgarane er viktig i samband med all offentleg maktutøving.

Detaljer

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE TRAINEE I SOGN OG FJORDANE Prosjektplan for Framtidsfylket Trainee frå og med haust 2014 Framtidsfylket Trainee er den einaste fylkesdekkjande traineeordninga i landet for kandidatar med bachelor- eller

Detaljer

STUDIEPLANMAL 2011 med brukarrettleiing

STUDIEPLANMAL 2011 med brukarrettleiing STUDIPLANMAL 2011 med brukarrettleiing Felt med informasjon som vises i studieplanen på nettsidene vert markert med Felt med intern (administrativ) informasjon vert markert med I Felt: I/ Forklaring: Val:

Detaljer

Ny strategiplan for Høgskulen

Ny strategiplan for Høgskulen Ny strategiplan for Høgskulen Nokre innspel til det vidare arbeidet Petter Øgar Mi forståing av strategisk plan Ein overordna og langsiktig plan for å oppnå bestemte overordna mål for organisasjonen Måla

Detaljer

Vidareutdanning ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen

Vidareutdanning ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen Vidareutdanning ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen Årsstudium Det humanistiske fakultet (HF) tilbyr årsstudium i engelsk fransk tysk spansk språk og latinamerikastudium nordisk norsk

Detaljer

STUDIEPLAN ENDRINGSKUNNSKAP. Modul I Modul II. kvar modul 30 studiepoeng

STUDIEPLAN ENDRINGSKUNNSKAP. Modul I Modul II. kvar modul 30 studiepoeng STUDIEPLAN ENDRINGSKUNNSKAP Modul I Modul II kvar modul 30 studiepoeng Godkjent januar 2001 Revidert utgåve juni 2010 og januar 2014 1 Studieplan Endringskunnskap Innleiing Studiet kan gjennomførast som

Detaljer

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2010-2013

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2010-2013 STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2010-2013 Vedtatt i Kommunestyret, sak nr 18/10 16.september 2010 1 2 Innhald 1. Innleiing...3 2. Planprosessen...3 3. Planperiode, revidering og evaluering...4

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop 16.12.09, Bergen Revidert av partnarane 08.09.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop 16.12.09, Bergen Revidert av partnarane 08.09. Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop 16.12.09, Bergen Revidert av partnarane 08.09.2010, Sarpsborg - 1. Kom fram til nokre overordna felles mål for partnarskapet

Detaljer

Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf 57 67 60 75 15.10.2009

Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf 57 67 60 75 15.10.2009 1 av 5 Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf 57 67 60 75 15.10.2009 Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 Oslo Regionalt samarbeid om utvikling av fireårig grunnskulelærarutdanning

Detaljer

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Søknad om vidareføring av prosjektet Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Prosjektansvarleg: Gro Jensen Gjerde, Samarbeidsrådet for Sunnhordland Prosjektleiar: Trond Haga, Kværner

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii KoønnWEK v/sidgr.1- or 11(0I: iii &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. Opplysningar om søkjaren: Namn:Jorun Larsen Adresse: Seimsvegen 73 Postnr./stad: 5472 SEIMSFOSS Telefon: 91398512 Organisasjonsnr:

Detaljer

Internasjonal vidaregåande skule

Internasjonal vidaregåande skule Internasjonal vidaregåande skule Tilbod om eit skuleår i utlandet Elevar som tek Vg1 på Studiespesialiserande utdanningsprogram i år, kan ta Vg2 i Skottland neste år. Møre og Romsdal fylkeskommune 1. Innleiing

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012 Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012 Innhold Om rapporten... 2 Forklaring til statistikken... 2 Resultat... 2 Nettsider... 2 Statistikk... 2 Korte tekstar 1 10 sider og tekstar over 10 sider...

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

Studieplan - Fagkurs i samfunnsentreprenørskap 10 studiepoeng

Studieplan - Fagkurs i samfunnsentreprenørskap 10 studiepoeng Studieplan - Fagkurs i samfunnsentreprenørskap 10 studiepoeng Leverandør: Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) 1 Innhald Innleiing... 2 Fagleg forankring ved HLB... 2 Undervisningsteam... 2 Prosjektleiar...

Detaljer

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg. SØKNAD OM MIDLAR TIL PROSJEKT FRÅ PROGRAM OPPLEVINGSNÆRINGAR 2009 Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg. A: Her skal du fylle inn nøkkeldata for søknad og søkjar. Nøkkeldata for søknad

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Tiltaksforum. - Etablerartilskot

Tiltaksforum. - Etablerartilskot Tiltaksforum - Etablerartilskot 11. November 2014 Vi gjev lokale idéar globale moglegheiter Vår strategi 2013-2016 Føremål: Innovasjon Noreg sitt føremål er å vere Staten og Fylkeskommunane sitt verkemiddel

Detaljer

Forventningar til og utfordringar for nettlærarane

Forventningar til og utfordringar for nettlærarane Forventningar til og utfordringar for nettlærarane Jostein Tvedte, Høgskulen Stord/Haugesund = nettlærar sidan starten (JITOL/NITOL) = seksjonsleiar for IKT i avd. for LU =medlem av styret i HSH Kven er

Detaljer

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Strategiplan for Apoteka Vest HF Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.91 03.09.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32 Kjøp av husvære Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: Behov for kommunale husvære for vidare utleige SAKSOPPLYSNINGAR Behov Kommunstyret

Detaljer

tirsdag 16. april 13 «Brød av sirkus?»

tirsdag 16. april 13 «Brød av sirkus?» «Brød av sirkus?» Bakgrunn Om lag halvparten av dei arbeidsplassane vi har om ti år, er enno ikkje skapt. Å la gode idear vekse fram er ei sikker investering for verdiskaping i framtida Innovasjon og omstilling

Detaljer

MIDLAR TIL REKRUTTERING, LIKESTILLING OG KOMPETANSEHEVING I LANDBRUKET - FORVALTNING 2013-2015

MIDLAR TIL REKRUTTERING, LIKESTILLING OG KOMPETANSEHEVING I LANDBRUKET - FORVALTNING 2013-2015 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Arkivsak 201210523-1 Arkivnr. 015 Saksh. Jordet, Håkon Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 31.01.2013 MIDLAR TIL REKRUTTERING, LIKESTILLING OG KOMPETANSEHEVING I LANDBRUKET

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk Vi må ta vare på matjorda Om jordvern og eigedomspolitikk Jordvern for meir mat Jordvern er viktig fordi vi må ta vare på all matjorda for å mette dagens og komande generasjonar. Behovet for mat er venta

Detaljer

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI ARBEIDSGJEVARSTRATEGI PersonalPolitiske verdiar Stram arbeidsmarknad Vi vil: vera opne og ærlege Vi vil: samarbeida Auka behov for arbeidskraft Vi vil: visa respekt og likeverd for kvarandre Vi vil: gi

Detaljer

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Referat frå møte i Internasjonalt forum Referat frå møte i Internasjonalt forum Når: Tysdag 31.januar kl.12 Stad: Foss, stort møterom Til stades: Terje Bjelle, Bjarne Gjermundstad, Kari Thorsen, Åge Wiberg Bøyum, Ane Bergersen, Erik Kyrkjebø,

Detaljer

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen Status og utfordringar Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen Tertialrapporten viser Eit forventa driftsunderskot på 7 millionar i 2009, om drifta held fram som i dag. Dette kjem på

Detaljer

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg? IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil

Detaljer

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Emnekode Emnenamn Engelsk emnenamn Studiepoeng 15 Undervisningssemester Undervisningsspråk Studienivå Krav til studierett Mål og innhald Læringsutbyte/resultat Kunnskap Grunnkompetanse ITAL111 Italiensk

Detaljer

Basiskriteria for vurdering av realkompetanse

Basiskriteria for vurdering av realkompetanse Seksjon for Vedtak i Opptaksnemnda27.06.13 Basiskriteria for vurdering av realkompetanse Søkjarar til høgskulen sine grunnar skal tilfredsstille dei rettleiande basiskriteria for realkompetanse før dei

Detaljer

HUSET I BYGDA -ein kulturarena der du bur-

HUSET I BYGDA -ein kulturarena der du bur- Sogn og Fjordane Ungdomslag www.sognogfjordane.ungdomslag.no Huset i bygda www.husetibygda.no Prosjektplan HUSET I BYGDA -ein kulturarena der du bur- 1.0 Samandrag Huset i bygda er svært viktig som sosial

Detaljer

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes Ny utdanning i Norge! ARBORIST Fagskulane i Hordaland avdeling Hjeltnes Om studiet Ynskjer du ein spennande etterutdanning? Er du fasinert av og likar å arbeide med tre? Bli Arborist! Fagskuleutdanninger

Detaljer

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN SAK 57/12 HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN Saksopplysning I sak 41/12 gjorde Regionrådet for Hallingdal slikt vedtak: 1. Regionrådet for Hallingdal vedtek å setja i gang eit 3-årig prosjekt; Hallingdal 2020,

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 BARNEHAGANE OG BARNEHAGESEKTOREN i KLEPP KOMMUNE 1 Klepp kommune Del 1: Grunnlaget Del 2: Område for kvalitetsarbeid Del 3: Satsingsområda Del 4: Implementering Del

Detaljer

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke Lønnsame næringar Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke Litt historikk, og om verksemda. Våre produkt i dag. Kven er våre kundar? Nokre av våre utfordingar? Korleis ser

Detaljer

Program for Basiskompetanse i Arbeidslivet (BKA) og informasjon om lokal høgskuleutdanning

Program for Basiskompetanse i Arbeidslivet (BKA) og informasjon om lokal høgskuleutdanning Program for Basiskompetanse i Arbeidslivet (BKA) og informasjon om lokal høgskuleutdanning Kompetanseheving Regnskap, lønn og personal Ledelse, psykologi og pedagogikk Teknisk dokumentkontroll Fagopplæring

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå august 2015 1. BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barn med nedsett funksjonsevne kan ha trong for særleg tilrettelegging av fysiske og personalmessige

Detaljer

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201209189-1 Arkivnr. 522 Saksh. Krüger, Ragnhild Hvoslef Saksgang Yrkesopplæringsnemda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 04.12.2012 04.12.2012 PÅBYGG

Detaljer

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv. HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal

Detaljer

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Kva er gründercamp? Treningsleir i kreativitet og nyskaping Elevane får eit reelt oppdrag med ei definert problemstilling Skal presentere ei løysing innanfor eit

Detaljer

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD Styrkje kommunane som lokale utviklingsaktørar. LUK skal utviklast gjennom skreddarsaum mellom nasjonalt program, fylkeskommunale program og kommunane. Formålet

Detaljer

REGLAR FOR BACHELOR- OG MASTEROPPGÅVA DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET

REGLAR FOR BACHELOR- OG MASTEROPPGÅVA DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET REGLAR FOR BACHELOR- OG MASTEROPPGÅVA DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET INNLEIING Dette skrivet gir reglane for utføring av bachelor- og masteroppgåva. Reglane er fastsette av fakultetet og gir rammene

Detaljer

Kulturbasert næring som distrikts- og stadutviklar

Kulturbasert næring som distrikts- og stadutviklar Kulturbasert næring som distrikts- og stadutviklar Onsdag 3. november 2010 Nordfjordeid Operahuset Arrangør: VAKN, Forum for Kultur og Næringsliv og Eid kommune Påmeldingsfrist 22. oktober 2010 på www.questback.com/sfj/eid

Detaljer

Vurdering av allianse og alternativ

Vurdering av allianse og alternativ Leiinga Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda postmottak@hivolda.no www.hivolda.no

Detaljer

Det er to sider ved en bygning; bruken og skjønnheten. Bruken tilhører eieren, skjønnheten hele verden.

Det er to sider ved en bygning; bruken og skjønnheten. Bruken tilhører eieren, skjønnheten hele verden. Låvande ressursar: Ny bruk av landbruksbygningar og tun Foredrag Fehn-symposiet Hamar, 11. mai 2007 Solveig Svardal Det er to sider ved en bygning; bruken og skjønnheten. Bruken tilhører eieren, skjønnheten

Detaljer

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Visjon og formål Visjon: Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Formål: Telemark Lys AS er ei attføringsbedrift som, gjennom framifrå resultat, skal medverke til å oppfylle Stortingets målsetting om

Detaljer

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009 Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009 SAMFUNNSOPPDRAGET gh UTDANNING FORSKING FORMIDLING De statlige høgskolene skal medvirke til forskning, utviklingsarbeid,

Detaljer

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 HANDLINGSPLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING 2012 Premissar. Det vart gjennomført ei grundig kompetansekartlegging i heile grunnskulen i Herøy hausten 07. Kritisk

Detaljer

Fagskolane i Hordaland Kva er fagskulen og kva er utfordringane? Styreleiar Roald Kvamme, Hordaland fagskulestyre

Fagskolane i Hordaland Kva er fagskulen og kva er utfordringane? Styreleiar Roald Kvamme, Hordaland fagskulestyre Fagskolane i Hordaland Kva er fagskulen og kva er utfordringane? Styreleiar Roald Kvamme, Hordaland fagskulestyre Skuleslaget fagskule Fagskuleutdanning er praktisk, yrkesretta utdanning som bygger på

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1 2 Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon

Detaljer

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule Kroppsøvingsseksjonen og kunnskapsløftet Kroppsøving - Fysisk aktiv skulekvardag/fysisk

Detaljer

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 30.09.2015 62957/2015 Eivind Vartdal Ryste Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 20.10.2015 Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving

Detaljer

Program Opplevingsnæringar Sogn og Fjordane. Retningslinjer for søknad om tilskot frå programmet 2009.

Program Opplevingsnæringar Sogn og Fjordane. Retningslinjer for søknad om tilskot frå programmet 2009. Program Opplevingsnæringar Sogn og Fjordane Retningslinjer for søknad om tilskot frå programmet 2009. Fylkesplanen 2005-2010 Program opplevingsnæringar - utlysing av midlar Program opplevingsnæringar er

Detaljer

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato

Detaljer

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1 1 FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1 1. OMFANG Denne forskrifta gjeld for dei studieprogramma som institusjonen vedtek å opprette. 2. DEFINISJONAR 2.1.

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur SPØRSMÅL VED FOLKEMØTET 25.02.10 I planprogrammet inngår eit kapittel om medverknad frå innbyggarane. Kommunen valte å arrangera ein temakveld der 5 (hovudtema 1,2,3,6og7) av dei 8 hovudtema i planarbeidet

Detaljer

Psykologisk førstehjelp i skulen

Psykologisk førstehjelp i skulen Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon

Detaljer

Garden som ressurs - garden ein god plass å vere og lære

Garden som ressurs - garden ein god plass å vere og lære Studiepoenggivande kurs 5 studiepoeng Garden som ressurs - garden ein god plass å vere og lære Garden som ressurs Å bruke garden som ein ressurs til grupper med ulike hjelpebehov, opplæringsarena eller

Detaljer

Opplæringsplan Instrumentrøyrlegging

Opplæringsplan Instrumentrøyrlegging Opplæringsplan Instrumentrøyrlegging Utvikla i samarbeid med: Planen bygger på godkjente retningsliner og opplæringsplaner frå Opplæringsplan Instrumentrøyrlegging 1 1 Innleiing Industrien har stor trong

Detaljer

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark 2010-2015

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark 2010-2015 Strategisk plan for Høgskolen i Telemark 2010-2015 Rullert av rektor pr. 15.01.15, jf. S-sak 63/14 vedtakspkt. 1 I Verksemdsidéen Høgskolen i Telemark (HiT) skal oppfylle samfunnsoppdraget sitt ved å tilby

Detaljer

R Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Bygdemobilisering. om åløfte bygda etter håret. Synnøve Valle 04.05.2010

R Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Bygdemobilisering. om åløfte bygda etter håret. Synnøve Valle 04.05.2010 Bygdemobilisering om åløfte bygda etter håret Synnøve Valle 04.05.2010 Kva er bygdemobilisering? Systematisk arbeid for åbidra til næringsutvikling, bulyst og auka trivsel Viktige ingrediensar: Avgrensa

Detaljer

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing Hovudelementa på stasjon Arbeidstid Rolleforståing Målsettingar og intensjonar med arbeidstidsavtalen Prosessar Forteljing

Detaljer

STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING LEIARKANDIDAT. 15 studiepoeng

STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING LEIARKANDIDAT. 15 studiepoeng STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING LEIARKANDIDAT 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 1. juni 2011 1. Innleiing Politi- og lensmannsetaten treng alltid kandidatar til leiarstillingar. Ofte vil medarbeidarar

Detaljer

Kommunestyrevalet 2015. Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Kommunestyrevalet 2015. Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF Kommunestyrevalet 2015 Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF Hyllestad KrF går til kommunevalet med et sterkt ynskje om å kunna bidra aktivt i kommunepolitikken i fireårsbolken 2015 2019.

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Lokalt arbeids- og næringsliv Næringsliv, bransje, offentleg og privat sektor. Kva betyr omgrepa? Lokale arbeidsplassar Kvifor treng lokalsamfunnet eit variert

Detaljer

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det

Detaljer

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS 20142014-2017

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS 20142014-2017 STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS 20142014-2017 Visjon Me er framoverlent Verdiar Samarbeidsrådet for Sunnhordland er eit opent og ærleg samarbeidsorgan for kommunane i Sunnhordland,

Detaljer

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Oktober 2014 Tittel: Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Dato: Oktober 2014 www.nokut.no Forord NOKUT har vore i kontinuerleg endring sidan

Detaljer

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200910136-1 Arkivnr. 523 Saksh. Lisen Ringdal Strøm, Janne Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 10.11.2009 18.11.2009-19.11.2009

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD Vedtatt av Seljord formannskap i sak 20/12, 9.2.2012. Administrativt revidert 1.september 2014 1. Eigar- og driftsforhold. Seljord kommune eig og driv barnehagane i

Detaljer

Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet 180 studiepoeng

Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet 180 studiepoeng Høgskolen i Bergen Bachelorstudium: Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet 180 studiepoeng Innleiing Barnehagelærarutdanning er ei treårig forskningsbasert, profesjonsretta og

Detaljer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL

Detaljer

"Næringsretta IT-utdanning med sterk brukarinvolvering" Fase 1: Mobiliseringsprosjekt i regi av IT-forum Sogn og Fjordane Januar juni 2015

Næringsretta IT-utdanning med sterk brukarinvolvering Fase 1: Mobiliseringsprosjekt i regi av IT-forum Sogn og Fjordane Januar juni 2015 "Næringsretta IT-utdanning med sterk brukarinvolvering" Fase 1: Mobiliseringsprosjekt i regi av IT-forum Sogn og Fjordane Januar juni 2015 Bakgrunn Mykje IT-relatert aktivitet innan offentlig sektor Raskt

Detaljer

resultat Innovasjon Noreg Akersgata 13 Postboks 448 Sentrum 0104 Oslo T: 22 00 25 00 F: 22 00 25 01 post@innovasjonnorge.no www.innovasjonnorge.

resultat Innovasjon Noreg Akersgata 13 Postboks 448 Sentrum 0104 Oslo T: 22 00 25 00 F: 22 00 25 01 post@innovasjonnorge.no www.innovasjonnorge. Innovasjon Noreg Akersgata 13 Postboks 448 Sentrum 0104 Oslo T: 22 00 25 00 F: 22 00 25 01 post@innovasjonnorge.no www.innovasjonnorge.no 09viktige resultat Design og layout: Creuna Foto: Bjørn Jørgensen/Samfoto

Detaljer

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT MASFJORDEN KOMMUNE Sosialtenesta Nav Masfjorden Postboks 14, 5987 Hosteland Tlf 815 81 000/47452171 Unnateke for offentleg innsyn Jf. Offlentleglova 13 SØKNAD OM STØTTEKONTAKT Eg vil ha søknaden handsama

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Fagskuleutdanning i helse og sosialfag. Fagskulane i Hordaland 07.03.12

Fagskuleutdanning i helse og sosialfag. Fagskulane i Hordaland 07.03.12 Fagskuleutdanning i helse og sosialfag Fagskulane i Hordaland 07.03.12 Fagskulane i Hordaland 7 fagskular Tekniske og maritime fag, marine fag, grøne fag, helse og sosialfag Hordaland fagskulestyre m/7

Detaljer

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

KOMPETANSE I BARNEHAGEN Side 1 Rådmannen Vår ref: 2010/2296 Dato: 29.06.2010 KOMPETANSE I BARNEHAGEN PLAN FOR KVINNHERAD KOMMUNE 2010 2011 Side 2 BAKGRUNN FOR PLANEN: Kompetanseplanen byggjer på Kunnskapsdepartementet sin strategiplan

Detaljer

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE Visjon: Læring og trivsel hånd i hånd Samarbeid og glede gir kreativ ånd HANDLINGSPLAN 2008/09 FORORD Kvalitetsutviklingsplanen for Blindheim barneskole

Detaljer

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME Kvalitetsplanen er eit overordna styringsdokument. Det vert utarbeidd lokale handlingsplanar og årshjul på skulane som konkretiserer innhald og form. Organisering

Detaljer

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune Foto: Naustvågen barnehage Retningsline for samordna opptak i i Stord kommune 1 INNLEIING Alle godkjende i kommunen skal samarbeida om opptak av barn i barnehage, jamfør Lov om 12. Kommunen skal leggja

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2009

Rådgjevarkonferanse 2009 Rådgjevarkonferanse 2009 Vidaregåande opplæring Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 etter Vg2 Design og duodji Gravørfaget

Detaljer

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Venstre gjer Bjerkreim grønare. Bjerkreim Venstre Venstre gjer Bjerkreim grønare. Venstre er miljøpartiet. Me kjempar for fleire grøne lunger, reinare luft, og strakstiltak for å senka klimautsleppa. Det bør alltid vera enklast og billegast

Detaljer

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD I samband med den pågåande kommunereforma i Noreg tek Odda kommune, Jondal kommune og Ullensvang herad sikte på å slå

Detaljer

Småbruk som ressurs i stadutviklinga Ny politikk for framtidsbygda. Det kulturøkonomiske perspektivet: Det kulturøkonomiske perspektivet:

Småbruk som ressurs i stadutviklinga Ny politikk for framtidsbygda. Det kulturøkonomiske perspektivet: Det kulturøkonomiske perspektivet: På veg inn i opplevingssamfunnet: Småbruk som ressurs i stadutviklinga Ny politikk for framtidsbygda Innlegg på seminaret ØKT BOSETTING, ØKOLOGISK STEDSUTVIKLING Oslo, 16. mars 2007 Solveig Svardal Det

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Dobbelt så mange moglegheiter

Dobbelt så mange moglegheiter Til: Skolefagleg ansvarleg i kommunane i Møre og Romsdal Skolar med elevar på 10. trinn i Møre og Romsdal (til rektor, kontaktlærarar på 10. trinn og rådgivarar) Invitasjon og påmelding til karrieredagane

Detaljer

Søking til skuleåret 2012-2013

Søking til skuleåret 2012-2013 Søking til skuleåret 2012-2013 Opplæringsavdelinga, inntak og formidling Rådgjevarkonferansen 2011 Korleis søkjer du? Du søkjer og svarar på vigo.no, logg inn med MinID Søknadsfrist: 1. mars for ordinært

Detaljer