BARNEHAGETILBODET I LEIKANGER 2016
|
|
- Grete Lund
- 7 år siden
- Visninger:
Transkript
1 BARNEHAGETILBODET I LEIKANGER 2016 Ikon: Sunniva Lerum og Juho Henell
2 TIL FORELDRE/FØRESETTE Leikanger kommune ønskjer med denne foldaren å gjera barnehagetilbodet i Leikanger kommune betre kjent. Foldaren inneheld informasjon om kvar barnehage, opptaksreglar, søknad, foreldrebetaling m. m. Er det meir de ønskjer svar på, kan de kontakta Leikanger kommune, tlf / , eller barnehagane på dei telefonnummera som står på siste sida. Med helsing Leikanger kommune,
3 BARNEHAGETILBODET I LEIKANGER KOMMUNE PRESENTASJON AV BARNEHAGANE. HENJAHAUGANE BARNEHAGE... 4 NYBØ BARNEHAGE... 5 ASKEDALEN BARNEHAGE A/S. 6 BEMANNING 7 VEDTEKTER for dei kommunale barnehagane 8 1 EIGAR FØREMÅL LOV M.M FORVALTNING, UTVAL OG RÅD OPPTAKSMYNDE OPPTAKSREGLAR OPPTAKSTIDER OG OPPSEIINGSFRIST OPNINGSTID FERIE FORELDREBETALING OPPTAK AV BARN FRÅ ANDRE KOMMUNAR FRITAK FOR BETALING I BARNEHAGEN BARNHAGELOKALA 13 SØKNADFRISTAR TIL BARNEHANE I LEIKANGER 14 PRAKTISKE OPPLYSNINGAR om tilvenjing i kommunale barnehagar 14 FRAMMØTE 14 BETALINGSSATSAR 15 MAT FORSIKRING ANSVAR FERIE...Feil! Bokmerke er ikke definert.6 PLANLEGGINGSDAGAR SAMARBEID SJUKDOM TEIEPLIKT SØKNAD PLASSAR NYTT VED HOVUDOPPTAKET VENTELISTER - presisering av rutinar 19 3
4 BARNEHAGETILBODET I LEIKANGER KOMMUNE Leikanger kommune har i dag 3 barnehagar. Henjahaugane og Nybø er kommunale, Askedalen barnehage er privat. Barnehagane er opptekne av å gi borna ei god pedagogisk oppseding med vekt på tryggleik, sosiale ferdigheiter, leik og moro, samt opplevingar og deling av kunnskap i kvardagen. Kvart år gir barnehagen ut ein årsplan som er utarbeidd av styrar og personalet og godkjent av samarbeidsutvalet. Planen gjev opplysingar og anna informasjon som det er viktig at både eigarar og brukarar kan lese. I tillegg er planen eit viktig arbeidsdokument for dei tilsette i barnehagen. PRESENTASJON AV BARNEHAGANE HENJAHAUGANE BARNEHAGE Barnehagen ligg mellom bustadfelta på Seberg og Henja/Røysa og er den største barnehagen i kommunen med tre avdelingar og inntil 48 barn eller 60 plassar for barn i alderen 0-6 år. 4
5 Huset er bygd i 1990 og oppført i miljøvenlege materialar. Uteområdet er romsleg med gode tilhøve for både sommar- og vinteraktivitetar. Det er lett tilgjenge til frie naturområde, og rimeleg gangavstand til Barneskulen. NYBØ BARNEHAGE Barnehagen ligg på Fylkesmannsgarden. Den har 2 avdelingar for barn i alderen 0-6 år med 20 barn på kvar avdeling og til saman 54 plassar. Barnehagen var ferdig ombygd og oppussa våren Uteområdet er opparbeidd og barnehagen har eit fint nærområde med både skog og strand. Barnehagen er godt skjerma for trafikk. Der er eigen romsleg og nyasfaltert parkeringsplass nær riksvegen.. 5
6 ASKEDALEN BARNEHAGE A/S Askedalen barnehage er ein privat barnehage som ligg i Hermansverk sentrum mellom Fylkeshuset, Statens vegvesen og Statens hus. Barnehagen har 2 avdelingar som samla gir tilbod til 42 barn i alderen 0-6 år. Her kan ein boltre seg i variert miljø heile året. Med fjord og strand, store naturområde, arbeidsplassar, bibliotek, butikkar, fleirbrukshall og kort avstand til skule og sjukeheim er det mange alternativ å velja mellom Barnehagen starta opp i november 2008 i lokala til gamle Hovland bakeri. Huset vart bygd i Andre etasje vart fullt opprusta hausten 2008, hausten 2009 vart det starta opp ny avdeling i første etasje og i 2015 kom det nybygd administrasjonsfløy. Barnehagen har store og spennande rom med muligheiter til allsidige aktivitetar. Bustaddelen et hovudsakleg for dei minste barna, medan første etasje et bygd med tanke på dei store. Barnehagen har eit variert uteområde med gode muligheiter for ulike aktivitetar. Barnehagen har eigen parkeringsplass. 6
7 Askedalen barnehage har eigne vedtekter som stort sett samsvarar med dei kommunale. Det er felles samordna barnehageopptak for heile kommunen og foreldrebetaling og søskenmoderasjon er lik for private og kommunale barnehagar. Det er inngått eigen samarbeidsavtale mellom kommunen og Askedalen barnehage A/S. BEMANNING I KOMMUNALE BARNEHAGAR Kommunen føl pedagognorma for barnehagane med 100 % ekstra pedagog/førskulelærar kvar gong ein overstig 18 plassar i barnehagen sett under eitt, medan assistentressursen vert redusert tilsvarande. I vårhalvåret tel dei små for to fram til starten på den månaden dei fyller 3 år. Barnehagane er tilknytte den kommunale vaktmeistertenesta. 7
8 VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE 1 EIGAR. Leikanger kommune eig og driv Henjahaugane barnehage og Nybø barnehage.. Henjahaugane barnehage er godkjend med 3 avdelingar for aldersgruppa 0-6 år og eit leike- og opphaldsareal på 264 kvm. Nybø barnehage i Fylkesmannsgarden har 2 avdelingar for aldersgruppa 0-6 år og eit leike- og opphaldsareal på 247,2 kvm. 2 FØREMÅL. Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barna sine behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, 8
9 tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane. Barna skal få utfolde skaparglede, undring og utforskartrong. Dei skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter. Dei skal ha rett til medverknad tilpassa alder og føresetnader. Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommen sin eigenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og vere ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering. 3 LOV M.M. Barnehagane i Leikanger skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar, forskriftene til lova, og til ei kvar tid gjeldande rammeplan og retningsliner frå Kunnskapsdepartementet, reglar for internkontroll, kommunale vedtekter og årsplan for den einskilde barnehagen. 4 FORVALTNING, UTVAL OG RÅD. Kommunestyret er forvaltningsorgan for barnehagane i kommunen, m.a. når det gjeld tilsyn. Barnehagane vert administrerte av rådmannen. Barnehagane skal ha samarbeidsutval og foreldreråd, jfr. Lov om barnehagar 4 og 6 og forskriftene pkt.2. Dei kommunale barnehagane har felles samarbeidsutval. Kommunestyret er overordna samarbeidsutvalet. Foreldre/føresette og tilsette vel sjølve representantane sine. Kommunestyret vel kommunen sine representantar. Askedalen barnehage A/S har eige samarbeidsutval der kommunen har 1 representant. 9
10 5 OPPTAKSMYNDE Rådmannen tildeler kommunale og private barnehageplassar i eit samordna opptak etter samråd med styrarane. Formannsskapet er klageorgan etter forvaltingslova. 6 OPPTAKSREGLAR. Barnehageplass er eit frivillig tilbod til alle barn i kommunen. Ved hovudopptaket vil alle som fyller eitt år før 1. september og som har søkt innafor fristen, ha rett til barnehageplass. Barn som er inne på prosentplass i barnehagane, får tilbod om full plass før det vert tekne opp nye barn. Sysken skal så langt det er mogeleg få plass i same barnehage. For dei som ikkje har lovfesta rett til plass, samt ved suppleringsopptak og løpande opptak gjennom året, skal desse prioriteringane gjelde: 1. Barn med fysiske og/eller psykiske funksjonsskadar og/eller som har foreldre/føresette med slike skader. 2. Barn frå familiar med særlege sosiale/helse - eller miljøtilhøve som gjer at barnet kan ha nytte av opphald i barnehage. 3. Barn med framandspråkleg bakgrunn. 4. Barn med einslege foreldre/forsytarar som er i arbeid/ under utdanning. 5. Utover dette skal alder vere hovudkriterium. Når det er fagleg tilrådd, kan barn etter opptaksregel 1 tildelast ledig plass utan utlysing, og framfor dei som står på ventelista. Tildelt plass skal takast i bruk innan ein månad frå tildelingsdato. 10
11 Ved alle opptak skal det setjast opp venteliste etter same reglar som ved opptak, ei for 0 3 år, og ei for 3-6 år. Opptak til kvar barnehage vert til vanleg gjort ut frå prioriteringar på søknadsskjema, men etter pedagogisk heilskapsvurdering eller andre grunnar er det høve til å fråvika prioriteringa. Ved opptaket skal det leggast vekt på å sikra god og kostnadseffektiv drift av barnehagane i kommunen. Administrasjonsutvalet disponerer inntil 2 heile plassar. Desse plassane skal berre nyttast som eit hjelpemiddel ved rekruttering til viktige stillingar i kommunen. Unytta plassar vert nytta på vanleg måte etter at ev. klagehandsaming for hovudopptaket er over. 7 OPPTAKSTIDER OG OPPSEIINGSFRIST. Det vert gjort hovudopptak med søknadsfrist 1.februar og suppleringsopptak med søknadsfrist 1. oktober. Barnehageåret tek til 15. august. Barn som skal ta til i skulen disponerer plassen sin ut barnehageåret før skulestart. Plassen er då ledig for opptak utan oppseiing. Ledige plassar til nytt barnehageår vert lyst ut samla. Alle andre har plassen sin til den vert skriftleg oppsagd. Suppleringsopptaket vert lyst ut i september. Oppseiingstida er 2 månader. Oppsagd plass, eller når barn fyller 3 år, skal lysast ut når reservelista er oppbrukt eller ugyldig. Den gjeld i 4 månader frå dato for opptak. Oppseiing skal skrivast på fastsett skjema som ein får i barnehagane eller i Serviceekspedisjonen i Tinghus 1. Oppseiingsfristen kan avkortast når ein har barn på venteliste. 11
12 8 OPNINGSTID. Barnehagane er opne frå kl til kl på yrkedagar. Onsdag i påskeveka er det ope til klokka Julafta og nyttårsafta er det stengt. Opningstida i barnehagane i romjula skal vere frå kl FERIE Barnet skal ha 4 veker ferie i barnehageåret. Desse kjem i tillegg til dei 5 planleggingsdagane. Minimum 3 av ferievekene skal takast ut i ferieperioden f.o.m. veke 27 t.o.m. veke 32. Den 4. veka skal og som hovudregel takast samla. Foreldra skal ha leveert ferieplan innan 1. mai. 10 FORELDREBETALING. Kommunestyret fastset foreldrebetalinga for kvart budsjettår fordelt med lik sum kvar månad i 11 månader i året. I hausthalvåret betalar ein for 5 månader, og i vårhalvåret for 6 månader. Betalinga skal ordnast på forskot den 15. i kvar månad, første gong 15. august eller den næraste påfølgjande kvardag. I spesielle høve kan det søkjast om dispensasjon. Søknaden må sendast kommunen i god tid. Det vert tillagt renter ved for sein betaling. Ved manglande betaling kan kommunen seie opp plassen med 1 månads varsel dersom skuldig beløp ikkje er betalt innan 3 veker etter 2. purring, eller at det er inngått avtale med kommunen v/økonomiavdelinga om nedbetalingsplan. 12
13 11 OPPTAK AV BARN FRÅ ANDRE KOMMUNAR Dersom det er ledige plassar i dei kommunale barnehagane etter at hovudopptaket er over, kan ein ta inn barn frå andre kommunar. Før ein tildeler plass skal det vere inngått avtale med bustadkommunen om rett til refusjon etter sentrale satsar. 12 FRITAK FOR BETALING I BARNEHAGEN Det vert innvilga betalingsfritak for følgjande søknader: 1. Barn som på grunn av sjukdom eller skade ikkje kan nytte plassen sin i barnehagen, kan få fritak frå 1. dag i etterfølgjande månad som barnet vert teke ut av barnehagen. Det må liggja ved tilråding frå lege. Rådmannen får fullmakt til å ta avgjerd i slike saker. Det vert ikkje innvilga betalingsfritak for: 1. Søknader om å ta barnet ut grunna ferie. 2. Søknader om fritak der barnet er fleirkulturelt og skal tilbake til heimlandet for kortare eller lenger tid. 3. Søknader frå foreldre med delt foreldreansvar der barnet har trong for barnehageplass i enkelte veker eller periodar. Det må betalast full månadspris med mindre eit anna barn nyttar seg av plassen i den perioden barnet bur hjå den andre av foreldra. 13. BARNEHAGELOKALA. Når det ikkje hindrar den daglege drifta av barnehagen, kan lokala leigast eller lånast ut til andre aktivitetar. Avgjerd om dette vert teke av styrar etter delegert mynde. Kommunestyret har fastsett satsar for utleige. 13
14 SØKNADSFRISTAR TIL BARNEHAGANE I LEIKANGER Søknadsfrist til hovudopptaket er 1. februar. Søknadsfrist til suppleringsopptaket er 1. oktober. Det vert elles gjort løpande opptak til ledige plassar gjennom heile året. Hovudopptaket og suppleringsopptaket vert lyst ut på kommunen si heimeside og gjennom annonse i Sogn Avis. PRAKTISKE OPPLYSINGAR OM TILVENJING I KOMMUNALE BARNEHAGAR. Når barnet tek til i barnehagen, må foreldre eller andre det er trygg på, vera med i barnehagen dei 2-3 første dagane. Dagane må vera korte fordi barnet treng tid til å bearbeide nye opplevingar og gradvis kunne ta i mot nye inntrykk. FRAMMØTE Dersom barnet kjem seinare enn kl. 9.30, må barnehagen få beskjed. Det må ha klede tilpassa ver og årstid. Til innebruk er det fint om det kan ha med seg tøfler eller sandalar. Klede og skotøy må merkast godt med namn. 14
15 BETALINGSSATSAR i kommunale barnehagar Plass Pris pr. månad 100% plass % plass Det vert gjeve søskenmoderasjon med 30% for barn nr. 2 og 50% for barn nr. 3 eller fleire. Elles skal betalinga skje i samsvar med 9 i vedtektene. Betaling for mat kjem i tillegg med 328 kr. for heil plass per månad, og vert justert prosentvis etter opphaldstid. Betaling for kjøp av einskilddagar vert sett til kr 301, - pr. dag. I dei kommunale barnehagane skal det betalast for heile eller halve månader. Juli månad er betalingsfri. Kommunen ønskjer at betalinga skjer ved avtalegiro. Frå 1. august 2015 har alle 4- og 5 åringar og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt rett til 20 timar gratis opphaldstid i barnehagen kvar veke. Ordninga gjeld for familiar med ei samla inntekt på mindre enn kroner. 15
16 Også familiar som tidlegare har fått vedtak om redusert foreldrebetaling kan søkje. Søknadsfristen for barnehageåret 2016/17 er sett til 15. august. Søknadsskjema finn de på heimesida vår Frå vart det innført redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt. Ordninga går ut på at ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen. I 2016 gjelder dette for hushald med ei samla inntekt som er lågare enn kroner per år. Ordninga gjeld både kommunale og private barnehagar. Søknadsskjema finn de på heimesida vår MAT Barnet får mjølk, mat og frukt som foreldra/føresette betaler for. Barnehagane gjev til vanleg tilbod om lunsj og fruktmåltid. FORSIKRING Kommunen har ulukkesforsikring som gjeld til/frå og i barnehagen, under utflukter som vert haldne i barnehagen sin regi, hjå lege, tannlege og under transport til og frå desse. 16
17 ANSVAR Foreldre/føresette har ansvaret for barnet på veg til og frå barnehagen. Personalet har ansvaret i barnehagen. FERIE og PLANLEGGINGSDAGAR 2016/2017 Barnehagane vert stengde 2 veker i juli Dette vert i veke 28 og 29 frå 11. t.o.m. 22. juli. I ferieperioden frå veke 27 til 32 kan barnehagane verte slegne saman. I romjula og påskeveka vil dei kommunale barnehagane som hovudregel verte slegne saman. Personalet har 5 planleggingsdagar i barnehageåret. Barnehagane er då stengde. Dagane er samordna for alle, er med i årsplanane til barnehagen, og ligg på skulefrie dagar. Planleggingsdagar barnehageåret 2016/ og 12. august oktober januar og 26. mai
18 SAMARBEID For barnehagen er den daglege kontakten med heimen ein særs viktig del av samarbeidet. Det er difor ønskjeleg at barnet vert følgt inn om morgonen. Foreldre/føresette og personale kan då utveksle informasjon om hendingar heime og i barnehagen, og om spesielle ting ein bør vera merksame på. Alle foreldre/føresette er medlemmar av foreldrerådet. Barnehagelova gjev nærare retningsliner for foreldrerådet sine oppgåver og funksjonar. SJUKDOM Smittefaren er stor i barnehagen. Barnet må difor vera heime når det er sjukt. Det er ønskjeleg med melding til barnehagen. Dersom barnet vert akutt sjukt eller utsett for skade, tek barnehagen kontakt med lege og gjev melding til heimen. 18
19 Barnehagen ønskjer informasjon om særskilde tilhøve som kroniske sjukdomar, bruk av medisinar, diett o.l. Styraren i barnehagen avgjer om eit barn grunna sjukdom, mellombels inntil ei veke, ikkje kan vera i barnehagen av omsyn til barnet sjølv eller dei andre. TEIEPLIKT Alle som arbeider i barnehagen har teieplikt. SØKNAD Søknadsskjema for barnehageplass får ein ved å venda seg til Leikanger kommune si heimeside: eller Leikanger kommune, tlf Det skal søkjast på eige skjema for kvart barn og til den fristen som er sett i lysinga. Søknad som kjem for seint inn, vert vurdert etter dei som kjem til rett tid, dersom det ikkje ligg føre tilråding frå PPR, sosialkontor eller helsestasjon/lege. PLASSAR Barnehagane gjev tilbod om 60 og 100% plassar. Når barnet har fått plass, tek barnehagen kontakt om tid for inntak/start. 19
20 NYTT VED HOVUDOPPTAKET 2016 Kunnskapsdepartementet fremma i januar 2016 framlegg om endring av rett til barnehageplass med verknad frå august Framlegget inneber at barn som er fødde i september og oktober får rett til barnehageplass frå den månaden dei fyller eitt år. Desse vart såleis tekne med ved inneverande års hovudopptak. VENTELISTER presisering av rutinar Barn med rett til barnehageplass som har søkt innan fristen og som likevel ikkje får plass ved hovudopptaket vert sett på venteliste til fyrste ledige plass. Ventelister til plass i ein spesiell barnehage føl opptaket og varer maksimalt i 4 månader. Du vert fjerna frå ventelista dersom du tek imot barnehageplass og ikke melder skriftleg frå om at du vil stå vidare på venteliste. Ved nytt opptak må ein søkje på nytt. 20
21 HENJAHAUGANE BARNEHAGE Vikarierande styrar Maj-Sissel Ølnes Henjahaugane LEIKANGER Telefon E-post: maj.sissel.olnes@leikanger.kommune.no NYBØ BARNEHAGE Styrar Ingebjørg Breisnes Sognefjordvegen 92 Telefon: LEIKANGER Avdeling Trost: Avdeling Stare: E-post: ingebjorg.breisnes@leikanger.kommune.no ASKEDALEN BARNEHAGE Styrar Hilde Valvik Menes Askedalen LEIKANGER Telefon E-post: post@askedalenbarnehage.no 21
BARNEHAGETILBODET I LEIKANGER 2012
BARNEHAGETILBODET I LEIKANGER 2012 Leikanger kommune TIL FORELDRE/FØRESETTE Leikanger kommune ønskjer med denne foldaren å gjera barnehagetilbodet i kommunen kjent. Foldaren inneheld informasjon om kvar
DetaljerBARNEHAGETILBODET I LEIKANGER 2015
BARNEHAGETILBODET I LEIKANGER 2015 Leikanger kommune TIL FORELDRE/FØRESETTE Leikanger kommune ønskjer med denne foldaren å gjera barnehagetilbodet i kommunen kjent. Foldaren inneheld informasjon om kvar
DetaljerBarnehagebruksplan
Barnehagebruksplan 2016-2019 1 Vedlegg 4. Vedtekter i kommunale barnehagar Vedtekter i kommunale barnehagar frå 01.01. 2015 1. Eigarforhold og ansvar for drift av barnehagane. Hå kommune eig og driv for
DetaljerVEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage
VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Underlagt lov 17.06.2005: Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage 1. EIGARFORHOLD Jølster kommune er eigar av: Langhaugane
DetaljerVEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE
VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE Gjeld frå og med 12. desember 2018: KS-102/18 1 VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE PARAGRAF 1: EIGARTILHØVE Selje kommune eig og driv barnehagane. Barnehagane
Detaljer1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.
1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar med forskrifter og retningslinjer departementet til ei
DetaljerVEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )
VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå 01.11.2017) 1 EIGAR Hornindal kommune eig og driv Hornindal barnehage. Utval for oppvekst og helse er det overordna styringsorganet og rådmannen har det
DetaljerVedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert 26.03.2014
Vedtekter for barnehagane i Austrheim Oppdatert 26.03.2014 Innhald: side 1. Føremål 4 2. Forvaltning 4 3. Opningstider/barnehagerute 4 4. Ferieavvikling for barn 5 5. Areal 5 6. Betalingssatsar 5 7. Opptak
DetaljerUtval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.
Opplæring og kultur Vedtekter i kommunale barnehagar frå 01.01. 2016 1. Eigarforhold og ansvar for drift av barnehagane. Hå kommune eig og driv 14 barnehagar. Barnehagane vert drivne i tråd med Lov om
DetaljerVEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE
VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE Gjeld frå og med barnehageåret 2016-2017: KS-028/16 1 VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE Gjeld frå og med barnehageåret 2016-2017: KS-028/16 PARAGRAF 1:
DetaljerVEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD
VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD Vedtatt av Seljord formannskap i sak 20/12, 9.2.2012. Administrativt revidert 1.september 2014 1. Eigar- og driftsforhold. Seljord kommune eig og driv barnehagane i
DetaljerVedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016
Vedtekter for barnehagane i Hemsedal Gjeldane frå 1. oktober 2016 Vedtatt i Kommunestyre 29.09. 2016 1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane
DetaljerVEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER
VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER Gjeldande frå 1. januar 2015 1. Føremål Barnehagane i Luster skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar og tilhøyrande føresegner. I tillegg gjeld kommunale
DetaljerVEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE
VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE Godkjent av Time kommunestyre, sist endra i Levekår, 10.april 2019. 1 Eigartilhøve og ansvar for drift av barnehagane 1.1 Vedtektene gjeld barnehagar som blir drivne
DetaljerVEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå 01.01. 2011
1 2 VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND gjeldande frå 01.01. 2011 1. DRIFT I SAMSVAR MED NORSK LOV Eigaren av barnehagane er Studentsamskipnaden for
DetaljerVEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.
Lærdal kommune VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE Vedteke i kommunestyre 10.03.2016, gjeldande frå 01.05.2016 1 Drift: Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald
DetaljerVEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE
VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE Vedteke av Tokke kommunestyre i sak 16/30. Eigartilhøve 1. Tokke kommune eig og driv Dalen barnehage, Dalen barnehage Åmdals-Verk, Dalen barnehage Byrte,
DetaljerArkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.
Notat Vår ref LITO 14/382-1 Arkiv A10, Dato 15.04.2014 Vedtekter for barnehage 1. EIGARTILHØVE Jølster kommune eig og driv følgjande barnehagar: Langhaugane barnehage, 0-6 år. 144 plassar. Skei barnehage,
DetaljerKviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid
Kviteseid kommune Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid Vedteke i Hovudutval for Oppvekst og Omsorg (HOO), den 28.01.2015 1. Eigartilhøve Kviteseid kommune eig, driv og fører tilsyn med desse
DetaljerVEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.
VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE. 1. EIGARTILHØVE Vedtektene gjeld barnehagar som Vik kommune eig og driv. 2. LOV OG REGELVERK, FØREMÅL Barnehagane skal drivast i samsvar med til ei kvar
DetaljerVEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE
VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE Vedteke i kommunestyre 20.06.2013 1 Drift: Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift. Barnehagane skal drivast
DetaljerBARNEHAGETILBODET 2015/2016
Kvinnherad kommune Vår ref: 2014/996 Dato: 1.07.2015 Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET 2015/2016 RETNINGSLINJER OG INFORMASJON Retningslinjer og informasjon OM FALDAREN Faldaren vert sendt til alle
DetaljerVEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL
2009/323-18 SURNADAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL Vedteke i Surnadal kommunestyre 10.02.2011 VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL Vedteke i kommunestyret 10.02.2011 1.
DetaljerVedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret 13.12.2012, sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret 21.12.
Vedtekter for Åmli barnehagar Vedtatt i kommunestyret 13.12.2012, sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret 21.12.2015, sak K 15/185 INNHALD: 1 Eigar... 3 2 Formål... 3 3 Foreldreråd og samarbeidsutval...
DetaljerVEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER
VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER Gjeldande frå 1. januar 2017 1. Føremål Barnehagane i Luster skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar og tilhøyrande føresegner. I tillegg gjeld kommunale
Detaljer1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar
1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar med forskrifter og retningslinjer departementet til ei
DetaljerVEDTEKTER GRANVIN HERAD
VEDTEKTER GRANVIN HERAD Sist endra 11.06.2018 1 Vedtekter Tueteigen barnehage Eigartilhøve / administrasjon Granvin herad er eigar og står for drifta av Tueteigen barnehage. Styrar er einingsleiar for
DetaljerVEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD
VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD Administrativt revidert 28. august 2017 1. Eigar- og driftsforhold. Seljord kommune eig og driv barnehagane i Åmotsdal, Flatdal og i Seljord sentrum. Barnehagane er
DetaljerVEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE
VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE 1 Eigartilhøve 1.1 Øystre Slidre kommune er eigar av Tingvang barnehage, Rogne barnehage og Beito barnehage. 1.2 Barnehagane blir drive i samsvar
DetaljerVEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret 02.05.2013.
VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret 02.05.2013. 1 EIGARTILHØVE Barnehagen er eigd og vert driven av LINDÅS KOMMUNE 2 LOVVERK Barnehagen vert driven i samsvar med Lov om barnehage
DetaljerVedtekter for kommunale barnehagar
Vedtekter for kommunale barnehagar Vedtekne i kommunestyret 2017 sak 1. Eigartilhøve Barnehagen er eigd og vert driven av Lindås kommune. 2. Lovverk Barnehagen vert driven i samsvar med Barnehagelova
DetaljerVEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDT - TELEMARK KOMMUNE
VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDT - TELEMARK KOMMUNE (Vedtekter for dei private barnehagane ligg på heimesida til den enkelte barnehage) 1. Eigar og driftsforhold. Midt - Telemark kommune
DetaljerVEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE
1 VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE 1 EIGAR Sør-Fron kommune eig dei kommunale barnehagane. 2 FORMÅL Dei kommunale barnehagane i Sør-Fron skal drivast i samsvar med lov om barnehagar
DetaljerVEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD
VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD Vedtatt av Seljord formannskap i sak 85/15, 29.10.2015. 2 1. Eigar- og driftsforhold. Seljord kommune eig og driv barnehagane i Åmotsdal, Flatdal og i Seljord sentrum.
DetaljerKviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid
Kviteseid kommune Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid Vedteke i Hovudutval for Oppvekst og Omsorg (HOO), den 02.02.2017 1. Eigartilhøve Kviteseid kommune eig, driv og fører tilsyn med desse
DetaljerVedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune
Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune Vedteke i Kommunestyret 12.05.2016 K-sak 36/16 1. Eigar Hemsedal kommune er eigar og ansvarleg for drifta av skulefritidsordningane (SFO) ved Tuv og
DetaljerVEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE
VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE Vedteke av Tokke kommunestyre i sak 053/88 med seinare endringar i sak 10/02, 13/78, 16/30, 17/10 og 17/39. Vedteke av Tokke kommunestyre i sak 19/9. 1.
Detaljer10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013
INTERNT NOTAT MASFJORDEN KOMMUNE «SSE_NAVN» Til: Kommunestyret Frå: Alf Strand Dok. ref. Dato: 10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 Vedtekter for barnehagane i Masfjorden Vedlagt følgjer reviderte vedtekter
Detaljer3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.
VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I STORD KOMMUNE 1. Eigartilhøve Stord kommune er ansvarleg for drifta av dei barnehagane som er omfatta av desse vedtektene. Barnehagane er administrativt knytt til rådmannen.
DetaljerVEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE
VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE Vedteke av Tokke kommunestyre i sak 17/10. Eigartilhøve 1. Tokke kommune eig og driv Dalen barnehage, Dalen barnehage Åmdals-Verk, Dalen barnehage Byrte,
Detaljer3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.
VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I STORD KOMMUNE 1. Eigartilhøve Stord kommune er ansvarleg for drifta av dei barnehagane som er omfatta av desse vedtektene. Barnehagane er administrativt knytt til rådmannen.
DetaljerVEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE. Gjeldande frå Vedteke i kommunestyret , sak: 070/17.
VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE. Gjeldande frå 19.10.2017. Vedteke i kommunestyret 19.10.2017, sak: 070/17. Innhold Innleiing:... 3 1. Eigartilhøve:... 3 2. Drift og forvaltning:... 3
DetaljerFyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13
Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Vedtekter for Fyresdal barnehage Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13 Vedtekter for Fyresdal barnehage 1. Eigar- og driftsforhold Fyresdal
DetaljerKVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon
KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET Retningslinjer og informasjon Retningslinjer og informasjon om barnehagetilbodet TILBODET I BARNEHAGANE Barnehagane skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta
DetaljerVEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE
VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE Alle barnehagar skal i medhald av barnehagelova ha vedtekter. Det er barnehageeigar som fastset vedtektene, og desse skal ha opplysningar som er relevante
DetaljerVedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185
Vedtekter for Åmli barnehagar Vedtatt i kommunestyret 13.12.2012, sak K 12/185 INNHALD: 1 Eigar... 3 2 Formål... 3 3 Foreldreråd og samarbeidsutval... 3 4 Opningstid... 4 5 Planleggingsdagar... 4 6 Leike-
DetaljerKommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane
Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane Illustrasjon: Gregory Idehen 1. Føremål Skulefritidsordninga (SFO) er eit tilbod for barn i 1. 4. klasse, og for barn med funksjonshemmingar
DetaljerVEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE
VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE Med retningsliner for fleksibel ferieavvikling i barnehagane. 1 1 Eigar Vestnes kommune eig og er ansvarleg for dei kommunale barnehagane. 2 Hovudramma
DetaljerVEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN
VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN RÅDMANNEN Vedteke i Aukra kommunestyre 18. oktober 2012, sak nr. 105/12. ephorte 12/420-3. 2 Dei kommunale barnehagane i Aukra skal drivast i samsvar
Detaljer3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.
VEDTEKTER FOR DRIFTA AV NAUSTVÅGEN BARNEHAGE 15.02.2018. 1. Vedtekter Vedtekter for Naustvågen barnehage blir fastsett av eigar innanfor ramma av gjeldande lover og reglar. Endringar eller tillegg til
DetaljerVEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SANDE KOMMUNE
VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SANDE KOMMUNE 1. Eigartilhøve Sande kommune eig og driv barnehagane i kommunen. 2. Forvaltning Barnehagane vert drivne i samsvar med Lov om barnehagar, føreskrifter
Detaljer4 Opptaksregler Søknad Søknadsfrist 1. mars Opptak Opptakskrets Tildeling av plass Supplerende opptak Annet
Lyngdal kommune 13.01.15 Barnehage Vedtekter for kommunale barnehager Lyngdal kommune Alle barnehager skal i henhold til barnehageloven ha vedtekter. Det er barnehagens eier som fastsetter vedtektene.
DetaljerVedtekter for kommunale barnehagar i Vik kommune Gjeldande frå. HØYRINGSFRAMLEGG. HØYRINGSFRIST Høyringsutkast frist
Vedtekter for kommunale barnehagar i Vik kommune Gjeldande frå. HØYRINGSFRAMLEGG. HØYRINGSFRIST 13.02.2017 Høyringsutkast frist 13.02.17 side 1 INNHALD: Innhold Innleiing:... 2 1. Føremål:... 3 2. Eigarforhold:...
DetaljerVEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE
MODALEN KOMMUNE Modalen Barnehage 5729 Modalen Tlf. 56 59 91 90 VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE Vedteke i kommunestyret.. Verknad f.o.m. 1 Innleiing I fylgje Lov om barnehager 7 skal barnehagen ha vedtekter
DetaljerKvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET
Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: 21.06.2016 Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET Informasjon 2016/2017 Retningslinjer og informasjon vert sendt til alle som får barnehageplass i Kvinnherad kommune.
DetaljerVedtekter for SÆ BARNEHAGE AS
Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS 1. EIGARTILHØVE Barnehagen er eigd og driven av Grete Håvardsholm Dramdal og Hilde Grindevik i Sæ barnehage AS. Vedtektene er fastsett av eigarane innanfor ramma av gjeldande
Detaljerephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra
Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå 15.08.12 Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra Side 2 VEDTEKTER FOR KOMMUNALE SKOLEFRITIDSORDNINGER I AUKRA KOMMUNE. 1 Eigarforhold. Aukra
DetaljerVedtekter for SFO - Skolefritidsordninga
Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga Vedteke i kommunestyret 20.06.19 sak 19/56 Gjeldande frå 1. august 2019 INNHALD: 1 Eigarforhold... 3 2 Formål... 3 3 Opptaksmyndigheit... 3 4 Søknad, opptakskriterium
DetaljerVedtekter kommunale barnehagar
Sentralbord: 51 42 98 00 / epost (/) Framside (/) / Skule og barnehage / Barnehage (/skole og barnehage1/barnehage1/) Vedtekter kommunale barnehagar Oppdatert 1.1.2012 1 Retningslinjer Klepp kommune eig
DetaljerVedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet
Bokn kommune Bokn barnehage. Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret 21.03.2006 Endra av formannskapet 03.02.2015 Kommunestyret har delegert ein del avgjerder til rådmannen, som har delegert
DetaljerGol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.
VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 01.08.16 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar
DetaljerLisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post:
Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: 70088416, e-post: sirlihaugen@mimer.no, http://sirlihaugen.barnehage.no/ RETNINGSLINJER FOR DRIFT AV SIRLIHAUGEN BARNEHAGE Fastsett av styret 07.09.04 og gjeldande
DetaljerVEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I GAULAR
VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I GAULAR Vedteken i Gaular kommunestyre: 1. FØREMÅL Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta borna sine behov for omsorg og leik, og fremme læring
DetaljerKVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus 0100.40.05.010 Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2
KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda 0100.40.05.010 Vedtekter Nivå: 1. Volda Side : 1 Revisjon : 3 Erstatter : 2 Utarbeida av: Styrar i Oppigarden og styrar i Åsemyra barnehage Godkjend av direktør
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval
Stryn kommune Arkiv: FA - A22 JournalpostID: 18/923 Saksbehandlar: Edvard Nordang Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval 30.01.2018 Vedtekter for SFO i Stryn kommune 2018 Bakgrunn
DetaljerSURNADAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL
SURNADAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL Vedteke i Surnadal kommunestyre 30.03.17 Gjeld frå 1. mai 2017 VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL Vedteke i kommunestyret 30.03.17
DetaljerVEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE
VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SANDØY Vedtektene er utarbeidd i samsvar med Lov om barnehagar av 17. juni 2005. 1 EIGARTILHØVE. Sandøy kommune eig og driv barnehagen
DetaljerT I L B O D SKULEFRITIDSORDNING
Høyanger kommune Tenesteområde oppvekst T I L B O D om SKULEFRITIDSORDNING 2017/2018 TIL FORELDRE/FØRESETTE Vi ønskjer med denne brosjyra å gjere deg kjend med tilbodet om skulefritidsordning i kommunen.
DetaljerVEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL
2015/2095-16 SURNADAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL Vedteke i Surnadal kommunestyre 10.12.2015 VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL Vedteke i kommunestyret 10.12.2015 1.2
DetaljerVEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS
VEDTEKTER FOR Elvetun Barnehage AS INNHALD Eigarforhold 3 Formål. 3 Styringsorgan.. 3 Samarbeidsutval.. 4 Foreldreråd... 4 Opptak av barn. 4 Opptakskrets. 5 Søknaden sendes:. 5 Foreldrebetaling/oppseiing
Detaljer2. Godkjenning Fusa kommune si rettleiande norm for netto leike- og opphaldsareal : 4 kvm. pr. barn over 3 år og 5,33 kvm pr.
1. Eigartilhøve Fusa kommune driv følgjande barnehagar: Trollskogen barnehage - Fusa oppvekstsenter. Holdhus barnehage Holdhus oppvekstsenter. Holmefjord barnehage - Nore Fusa oppvekstsenter. Jettegryto
DetaljerVEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE
VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE Kapittel 1. Drift, eigartilhøve og verkeområde 1-1 Bremanger kommune eig og driv barnehagen. Barnehagen skal drivast i samsvar med «Barnehagelova, Lov av 17.06.05
DetaljerVEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE
VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE Heimel: Skulefritidsordninga er heimla i Opplæringslova i 13-7, 9a-8, og 10-9, og i Forskrift til opplæringslova i 12-1e og 15 Vedteke i Førde bystyre
DetaljerVEDTEKTER FOR VILLVETTENE FRILUFTSBARNEHAGE DA Org.nr:
Tlf: 930 89 251 / 922 12 038 www.villvettene.no VEDTEKTER FOR VILLVETTENE FRILUFTSBARNEHAGE DA Org.nr: 990 949 050 1. EIGARTILHØVE Villvettene friluftsbarnehage er ein privateigd friluftsbarnehage for
DetaljerVEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGER I STEINKJER GJELDENDE FRA
VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGER I STEINKJER GJELDENDE FRA 01.05.2012 1. Organisasjon De kommunale barnehager drives i samsvar med Lov om barnehager og de til enhver tid fastsatte forskrifter og retningslinjer,
DetaljerVEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE
MIDSUND KOMMUNE 6475 MIDSUND VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE Jfr. lovheimel: 15 i " Lov om barnehagar". Tidlegare vedtatt i kommunestyre 29.04.96, K.sak 96/034, med endring i
DetaljerFyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst
Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst PLAN- OG VURDERINGSARBEID I FYRESDAL BARNEHAGE 2017-2018 Vedlegg til årsplanen. August 2017 Formål "ehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta
DetaljerVEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FUSA KOMMUNE GJELDANDE FRÅ
VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FUSA KOMMUNE GJELDANDE FRÅ 01.01.2017 Visjonen for oppvekst i Fusa kommune er: Midt i blinken Rom for alle blikk for den enkelte. Fusa kommune sine verdiar er: Respekt, omsorg,
DetaljerJelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»
Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018 «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre» SULDALSSTANDARD SKULEFRITIDSORDNINGA (SFO) KVA ER SFO? SFO er eit friviljug opphalds- og aktivitetstilbod på skulen
DetaljerVEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.
VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ. Vedtekne av Vågå kommunestyre 7.mai 1979 og seinare justerte i vedtak i Vågå kommunestyre, sak 78/82, 119/88, 10/89, 18/91,19/93, 31/94, 138/94, 7/97, 25/2000,
DetaljerVedtekter. for Babyhagen familiebarnehage
Vedtekter for Babyhagen familiebarnehage 1 Eierforhold og forvaltning Barnehagen eies og drives av Liv Gulestøl. Barnehagesjefen er administrativt overordnet barnehagen og fører tilsyn og har godkjenningsmyndighet.
DetaljerVEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FINNØY.
VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FINNØY.. barnehage 1. LOV OG RETNINGSLINJER. Alle barnehagar skal ha vedtekter fastsett av eigaren ( 15 i bhl.). For private barnehagar, som ikkje har utarbeidd eigne vedtekter,
DetaljerVelkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage
Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Kjære foreldre/føresette Me ynskjer dykk og barnet dykkar hjarteleg velkomen til Lonevåg barnehage! Barnet dykkar har no fått
DetaljerVedtekter for barnehagene i Orkland
Vedtekter for barnehagene i Orkland Orklandslogo/bilder Tilråding i Arbeidsutvalg Orkland - 23.08.2018 Fellesnemnda i Orkland vedtar å sende ut forslag til nye vedtekter for barnehagene i Orkland kommune
DetaljerVEDTEKTER FOR FOLLDAL BARNEHAGE
Folldal kommune VEDTEKTER FOR FOLLDAL BARNEHAGE Vedtatt i k-sak 54/16 1 Vedtekter for Folldal kommunale barnehage. 1. Eierforhold og administrasjon Folldal kommune ved kommunestyret er eier og ansvarlig
DetaljerVEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE
VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SANDØY Vedtektene er utarbeidd i samsvar med Lov om barnehagar av 17. juni 2005 med siste endring Lov om barnehager 21.06.2013 1 EIGARTILHØVE.
DetaljerTysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Førresdalen, Førresfjorden, Nedstrand, Førland og Tysværvåg.
Tysvær kommune Vår ref 11487/2005 VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR - Revidert 2017 1. Eigarforhold Tysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Førresdalen, Førresfjorden,
DetaljerVedtekter for Sangfuglen Barnehage
Vedtekter for Sangfuglen Barnehage Alle barnehager skal i henhold til barnehageloven ha vedtekter. Det er barnehagens eier som fastsetter vedtektene. Disse skal gi opplysninger som er av betydning for
DetaljerVEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE. Jfr. Lov 17. juni 2005 nr 64 om barnehagar, 7 (Barnehagelova)
MIDSUND KOMMUNE 6475 MIDSUND VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE Jfr. Lov 17. juni 2005 nr 64 om barnehagar, 7 (Barnehagelova) Tidlegare vedtatt i kommunestyre 29.04.96, K.sak 96/034,
DetaljerVEDTEKTER FOR KYSTADHAUGEN FAMILIEBARNEHAGE
VEDTEKTER FOR KYSTADHAUGEN FAMILIEBARNEHAGE Eierforhold Kystadhaugen familiebarnehage er en privateid barnehage som er godkjent for inntil 10 barn i alderen 0-6 år. Per i dag tilbyr vi kun plasser til
DetaljerVEDTEKTER FOR BARNEHAGEDRIFTA I NAMDALSEID KOMMUNE
VEDTEKTER FOR BARNEHAGEDRIFTA I NAMDALSEID KOMMUNE Vedtatt i kommunestyret 13.2.2014 Reglene er gjeldende fra 1.1.2014. 1. FORMÅL Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov
DetaljerINNHALD: Side 2 av 9 Vår ref.: 2019/ Vedtekter for Åmli kommunale barnehagar
Vedtekter for Åmli kommunale barnehagar Vedteke i kommunestyret 20.06.19, sak 19/55 Gjeldande frå 1. august 2019 INNHALD: 1 Eigarforhold og forvaltning... 3 2 Formål... 3 3 Barn og føresette sin medverking...
DetaljerTIME KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE
TIME KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE Vedtektene blei godkjende av Time kommunestyre 20.06.00, sak 4 /00. Revidert av hovudutval for undervisning 14.11.01, sak
DetaljerVedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret 21.03.2006 Endra av formannskapet 27.01.2009
Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret 21.03.2006 Endra av formannskapet 27.01.2009 Handboka 06.09 Kommunestyret har delegert ein del avgjerder til rådmannen, som har delegert vidare til
DetaljerVedtekter for kommunale barnehager Fastsatt av Bystyret
Vedtekter for kommunale barnehager Fastsatt av Bystyret 18.03.2018 1. Eierforhold Barnehagene eies, drives og forvaltes av Skien kommune i samsvar med gjeldende lover og regelverk. I tillegg er aktuelle
DetaljerVedtekter for Folldal kommunale barnehage.
!" #"$ %# 1 Vedtekter for Folldal kommunale barnehage. 1. Eierforhold og administrasjon Folldal kommune ved kommunestyret er eier og ansvarlig for den kommunale barnehagen. Den kommunale forvaltning av
DetaljerMØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00
MØTEPROTOKOLL Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: rådhuset Møtedato: 28.01.2009 Kl: 13:00 15:00 Medlemar: Forfall: Varamedlemar: Frå adm. (evt. andre): Dato for innkalling: 22.01.09 Merknader: Saker
DetaljerVEDTEKTER for Læringsverkstedet Eid barnehage AS, i Eid kommune
VEDTEKTER for Læringsverkstedet Eid barnehage AS, i Eid kommune 1. Formål Formål er i samsvar med «Lov om barnehagar» 1: «Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for
DetaljerVedtekter for barnehagane i Suldal kommune
Vedtekter for barnehagane i Suldal kommune Vedtatt Levekår 4.6.2018 Tiltak som blir regulerte etter barnehagelova, blir lagd til levekårsutvalet etter delegasjonsreglement C2 pkt.1. Desse vedtektene kan
DetaljerVEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGER I STEINKJER GJELDENDE FRA 01.01.2015
VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGER I STEINKJER GJELDENDE FRA 01.01.2015 1. Organisasjon De kommunale barnehagene drives i samsvar med "Lov om barnehager" og de til enhver tid fastsatte forskrifter og retningslinjer,
Detaljer