Papirfabrikk. i barnehagen. La oss gjenvinne meir. Gøy med kjeldesortering på skular og i barnehagar. Side 4

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Papirfabrikk. i barnehagen. La oss gjenvinne meir. Gøy med kjeldesortering på skular og i barnehagar. Side 4"

Transkript

1 Miljøbladet Juli 2013 Papirfabrikk i barnehagen Gøy med kjeldesortering på skular og i barnehagar. Side 4 Avfallsbrønnar - avfallet trygt gøymt under bakken. Side 6 Vinn el-sykkel Side 8 La oss gjenvinne meir

2 Klart vi kjeldesorterer metall, seier du? Åtte av ti seier dei kjeldesorterer glas- og metallemballasje. Likevel finn vi like mykje metall i restavfallsdunkane som på nærmiljøstasjonen. Kva er det som bremsar kjeldesorteringa? La oss ta ein prat om kva som faktisk er metallemballasje Til fredagstacoen opnar du kanskje ananas- og maisboksar som kan kjeldesorterast som metall. Den er grei. Likeeins veit dei fleste at boksar for tomatpurè og sylteglas med lokk kan gjenvinnast. Men ta ein grundigare titt inn i kjøleskapet ditt. Kva gjer du med kaviartuba, leverposteien eller makrell i tomatboksen når desse er tomme? Eller laks- eller kyllingformer i mjuk aluminium? Og kva med telysa som står på bordet? Alt vi har snakka om her, er laga av metall og kan kjeldesorterast. Dei fleste av oss har meir gjenvinnbar metallemballasje i heimen enn vi er klare over. Klarer du å sortere ut meir enn du gjer i dag? Å gjenvinne metall er svært miljøvennleg. Metalla kan gjenvinnast i det uendelege. Ved å gjenvinne aluminium blir det brukt berre 5 prosent av energien det tek å framstille ny aluminium. Ved å gjenvinne stål brukar ein 25 prosent av energien som trengs for å utvinne stål frå malm. Etterspurnaden etter stål og aluminium i verda aukar, på samme tid som vi er på veg til å bruke opp ressursane. Metallemballasje er material som i størst mogleg grad må gjenvinnast og bli brukt på ny. Dersom du tilhøyrer gjennomsnittet, kjeldesorterte du sju hundre gram metallemballasje i fjor. Ein familie på fem leverte altså tre og ein halv kilo til saman. Stopp opp ein augneblink neste gong du tenker å kaste metallboksen i søpla. Kan du ta han med til nærmiljøstasjonen din i staden? Metallemballasjen du leverer blir til noko Du skal vere trygg på at materiala du kjeldesorterer blir brukt på ny. Glas og metall blir sendt til Onsøy utanfor Fredrikstad, eit av dei mest moderne anlegga for sortering av råstoff for glas og metallemballasje. Aluminiumen kan for eksempel bli til ny aluminiumsfolie, makrell i tomatboksar og syklar. Stålet du leverer kan bli brukt i stålkonstruksjonar i bygg, verktøy, spikar og skruar. Om du aukar frå sju til åtte hundre gram metallemballasje i år, så gjer du eit godt tiltak for miljøet. Sorter metallemballasjen for: ananas erter fiskebollar hundemat kattemat tomatpurè leverpostei makrell i tomat smøreostar mykje meir... Metallemballasje er emballasje for mat og drikke, som er laga av metall Emballasjen må vere tom for mat og vere så rein at han ikkje luktar når du lagrar han. Storparten av emballasjen skyller du raskt i kaldt vatn. Kaviarog majonestuber er så tette og lukka, at dei sorterer du direkte. Når du kjeldesorterer telys må veikehaldaren takast ut slik koppen ikkje blir med stålet og går opp i røyk i gjenvinningsprosessen. Takk til deg som svarte på kundeundersøkinga vår I vinter gjennomførte ÅRIM ei brukarundersøking blant kundane våre. Kva kjeldesorterer du? Korleis opplever du tenestetilbodet? Kva kan selskapet bli betre på? Svara kundane gav er med når selskapet tek stega vidare. Åtte av ti leverer ee-avfall til butikk eller miljøstasjon Mengda med elektrisk og elektronisk avfall aukar. Fordi miljønytten ved å gjenvinne er så stor, er det bra at åtte av ti leverer inn dette avfallet. ÅRIM har også utført ein plukkanalyse som viste at noko framleis havnar i dunken. Kvar person kastar 2,38 kilo ee-avfall i restavfallet i året. Dette blir tilsaman 230 tonn i Ålesundregionen. Du kan levere dette kostnadsfritt til butikkar som sel elektronikk eller til miljøstasjonen. Folk er flinke å sortere farleg avfall Ei stor gruppe svarer at dei lagrar ein del farleg avfall heime, særleg batteri, måling, lim, lakk og tomme målingsspann. Vi veit og at kvar person årleg leverer elleve kilo farleg avfall til miljøstasjonen og at 880 gram havnar i restavfallsdunken. At vi får inn storparten av denne avfallstypen er positivt, likevel er det slik at ei lita mengd av denne avfallstypen på avveg kan gjere stor skade. Vi må difor arbeide for å få enda meir farleg avfall til trygg behandling. Folk sorterer minst av avfallet det er mest av Kundane våre sorterer storparten av det farlege avfallet og ee-avfallet. Metallemballasje og drikkekartong kjem dårlegare ut. Det er tydeleg at vi må seie meir om kva som faktisk kan sorterast, og vise til miljøgevinsten ved å kjeldesortere avfallstypane. Hugs også på kartonglotteriet som gir økonomisk gevinst til dei som er så heldige å vinne. Folk ønskjer meir informasjon Vi får og svar om at informasjon kan bli betre. Eit døme på dette er at halvparten svarer at dei ikkje har kjennskap til kva som skjer med avfallet etter innsamling, og at meir informasjon om miljønytte trengs for å auke motivasjonen til auke kjeldesorteringa. Vi ser på samme tid at vi har ei positiv utvikling frå 2010, da seks av ti svarte at dei ikkje hadde kjennskap til kva som skjedde med avfallet. Her skal ÅRIM stå på med aktivt informasjonsarbeid. Alt-i-alt: fornøgd med renovasjonstenesta. På spørsmålet om kor fornøgde folk er alt-i-alt med renovasjonstenesta i sin kommune, svarte 89 % på den positive sida av skalaen. Vi oppfattar dette som at storparten er rimeleg godt fornøgde med renovasjonstenesta. GODKJEN 2 3

3 Gøy med gjenvinning Kjeldesortering er både lærerikt og morosamt. Det har borna som går på Åse sfo fått oppleve. Etter eit prosjekt om avfall og gjenvinning har barna blitt miljøekspertar som kan kjeldesortering. Papirfabrikk i barnehagen Grønmyr barnehage Bjørkavåg på Sula lånte papirfabrikken frå ÅRIM, bretta opp ermene og gjekk til arbeid. Ein ting er sikkert; barna kan å gjenvinne papir. Difor bestemte miljøsuperhelten Mr. Boss seg for å ta eit besøk. 4 God kontroll på kva avfallet blir til - Kvart år har Åse sfo eit prosjekt vi fordjupar oss i. I år valte vi kjeldesortering, og tok kontakt med ÅRIM for å få idèar til aktivitetar og materiell, seier dagleg leiar på Åse sfo, Britt Kleppe. Åse sfo har hatt fleire praktiske aktivitetar for å få kunnskapen både inn i fingrane og hovudet. For å få ekte engasjement har det vore viktig at elevane har fått ta på, skape og gjere sjølve, fortel Kleppe. - Elevane var ivrige og laga ein liten privat miljøstasjon der dei sorterte glas og metall, batteri, lyspærer, farleg avfall, papir og plast. Alle tok med kvar sin ting heimanfrå som dei kjeldesorterte. Dei har fått god kontroll på kva avfallet vil bli brukt til. Gjenbruk i praksis Barna hadde også oppgåver som handla om gjenbruk. - Vi klipte opp gamle klede og vevde små tepper. Melkekartongane brukte vi til å så karse i. Her fekk barna sjå i praksis at det som er avfall kan brukast og bli til noko nytt. Arbeidet styrka sosial kompetanse I tillegg til å lære om riktig kjeldesortering vart dette, kanskje meir enn forventa, eit prosjekt som også styrkar sosial kompetanse, venskap og å ta ansvar, fortel Kleppe. - Barna er opptekne av å ta vare på naturen, at dyra har det bra og at fuglane syng, fortel Kleppe blidt. Vi fekk mange gode diskusjonar både om gjenvinning og å bry seg om andre gjennom prosjektet. ÅRIM besøker skular og barnehagar Farleg avfall! ropte borna entusiastiske da ÅRIM kom på besøk og spurte kva batteri skal sorterast som. Plast!, på spørsmål om potetgull- og kaffeposar. Hos Åse sfo var det full kontroll. - Born er engasjerte og lærer fort, seier Heidi Steinnes i ÅRIM fornøgd. Det var jammen ikkje mange feil da vi testa kunnskapane med ein kjeldesorteringskonkurranse. - Vi har ulike tips til aktivitetar som skal lære borna om kjeldesortering og gjenvinning, fortel Steinnes. Vi arbeider med ulike opplegg for ulike aldersgrupper, og forsøker å gi gode forslag til dei som tek kontakt. Vi har tru på læring gjennom praksis, leik og moro, avsluttar Steinnes. Barna lagar papir Ivrige små hender badar i lilla, blaut papirmasse. Assistent Jannicke Darup forklarer tydeleg korleis barna skal løfte forsiktig opp treramma, sile av vatnet, og leggje papiret forsiktig til tørk. Førskulebarna er med. Pedagogisk leiar, Ann Katrin Nesheim Viddal fortel ivrig at barna har klipt opp alt frå brukte brødposar til kartong for å lage det nye papiret. - Kven vil ha smoothie? ler ho når Emilian tømmer meir finmalt papirmasse i baljen. Alle hjelper til. - Dette er kunstverk, da skal det vere slik, overbeviser ho jenta som fekk ein rufsete kant på papiret ho laga. - Kva farge skal vi ha no? spør Jannicke. - Blått, svarer Sara og Vegard. - Raudt, svarer Ingrid Camilla. - Gult, svarer Alva. Her blir det avstemming, svarer Jannicke og den neste papirmassen blir blå. Små hender lagar nytt papir etter tur. Det er dette som er resirkulering Etter ei lang arbeidsøkt set barna seg ned rundt bordet saman med Ann Katrin. - Kva har de lært i dag, spør ho barna. Barna fortel ivrige om papiret dei har klipt i små bitar før dei miksa det saman med cellulose, vatn og tryllepulver. Så blanda dei alt i ein balje, tilsette farge og laga nytt papir som dei skal bruke til fine sommarkort. - Det er dette som er resirkulering, fortel Heidi Steinnes frå ÅRIM. De brukar gammalt papir og lagar nytt. Slik gjer vi med plast, glas og metall òg. Emilian lurer på om dei som er på besøk frå ÅRIM lagar lilla papir i baljar kvar dag, og sa seg ikkje heilt tilfreds med svaret om at det er fabrikkar som gjer arbeidet. Miljøsuperhelten Mr. Boss - No skal Mr Boss lage papir, foreslår Jørgen. - Ja, skal tru om han kan det, utfordrar Ann Katrin med eit smil og ser på Vegard Waagan frå ÅRIM, som har rolla som miljøsuperhelt denne dagen. Mr Boss, som har vore omsverma av energiske barn sidan han viste seg, brettar opp ermene og det blir heilt stilt rundt han. Barna følgjer han konsentrerte med blikket da han gjer akkurat som dei. - Resirkulering er moro, overbeviser han idet han løftar treramma med det som skal bli nytt lilla papir opp av vatnet. 5

4 Avfall-under-bakken Du snakkar med Eva i ÅRIM. Kva kan eg hjelpe deg med Å gi kunden gode svar og best mogleg hjelp er noko eg arbeider for kvar dag, fortel Eva Ødegaard som tek imot kundane med eit smil på kontoret, telefonen og mail. Med underjordisk avfallssystem, forsvinn mange av problema avfall ofte forårsakar. Bort med overfylling. Bort med lukt. Bort med brannfare. Dei nye avfallssystema har mange fordelar, fortel avdelingsleiar i ÅRIM, Lars Fugledal. - Vi har plassert ut vårt første underjordiske avfallssystem på Utstillingsplassen i Ålesund sentrum. Avfallsbrønnane erstattar miljøstasjonen som brann ned for eit par år sidan. Her kan innbyggjarane i nærområdet levere glas og metall, sko og klede. Avfallet blir lagra i store brønnar under jorda. Når desse er fulle blir heile konstruksjonen heist opp og tømt. - Ein av fordelane er sjeldnare tømming. Det betyr mindre tungtrafikk frå vår side og dermed auka trafikktryggleik. Systemet er lukka, så her blir det verken støy, lukt eller plagar med skadedyr. Vi håper også på mindre forsøpling enn vi har på dei andre nærmiljøstasjonane, fortset Fugledal. Slike avfallsløysingar er også gode for tettbygde område, sameige og burettslag. - Løysinga sparer mykje plass. Ein slik avfallsbrønn erstattar fleire tradisjonelle behaldarar og frigjer dermed plass i nærområdet. Avfall-under-bakken er difor godt eigna i byggjefelt, for burettslag eller område med vanskelege trafikkforhold. Vi er svært positive til utbyggjarar som tek kontakt med oss for råd og rettleiing. Det beste er er å leggje til rette for rasjonell og trygg avfallsløysing tidleg i prosjekteringa. For ÅRIM er avfallsbrønnane på Utstillingsplassen eit prøveprosjekt. - Andre byar i landet har gjort seg mange gode erfaringar som vi ser til. Avfallunder-bakken er ei framtidsretta avfallsløysing for å få meir til gjenvinning og meir rasjonell innsamling. Vi ser fram til å gjere oss eigne erfaringar å byggje vidare på, avsluttar Fugledal. Fordelar med avfall-under-bakken: luktdempande brannsikre estetiske lang levetid hindrar skadedyr reinare bomiljø universell utforming betre utnytting av plass mindre støy Ødegaard fortel at fleire finn vegen til ÅRIM etter at selskapet flytta i nye lokaler. - Ja, det er positivt. No kan folk enkelt komme på besøk for å få informasjon når dei er på Moa. Det er difor vi er her. Eva sit bak den orange skranken og får mange spørsmål om avfallshandtering. Kvar og når blir avfallet mitt henta, kvar kan eg levere det. - Forseinka henting av avfallet er ikkje å spøke med, ler Eva. I periodar med dårleg ver møter vi ein del utfordringar med vegforhold og forseinkingar, likeeins rundt feriar og helgedagar. Slike dagar er det mange som tek kontakt. Målet er å gi dei som tek kontakt ei positiv kundeoppleving. - Vi er til for hundre tusen innbyggjarar og tømmer tusen dunkar i timen. Det er klart dette gir oppgåver kundesenteret må gi god og aktiv respons på. SMS for henting av papir og plast Eva trekker fram tilbodet om SMSvarsling og seier dette er eit tilbod som skal hjelpe kundane å hugse når avfallet blir samla inn. - Å hugse tidspunktet for når plast og papir blir henta er ikkje alltid like lett. SMS- varsling er difor eit tilbod som gir ei god påminning i ein travel kvardag. Besøk miljøstasjonen Dei aller fleste kan levere glas og metall, sko, klede og tekstilar til ein nærmiljøstasjon nokre minutt unna. Mange leverer til ein kontainar, som på bildet. I Ålesund leverer dei fleste til små miljøstasjon-hus. Desse står ofte nær butikkar og i tettbygde område. Lokala ligg i første etasje i Daaegården. Kontoret ligg nær busstasjonen og Moa. Kom gjerne innom eller kontakt oss på e-post / telefon om du har spørsmål. post@arim.no Bestill SMS-varsling og få beskjed om henting av plast og papir. Tilbodet kostar ei krone pr melding. Du kan også bestille e-postvarsel, som er gratis. Besøk arim. no. Vel få varsel om henting under din renovasjon. 6 7

5 TRYKKSAK Konkurranse i kjeldesortering VINN ein EL-sykkel Bli med på Facebook-konkurransen vår og du er med på trekkinga av ein elektrisk sykkel. Med el-sykkel kjem du deg raskt og enkelt fram, også på lengre avstandar. 1 2 Kva sorterer du makrell i tomat-emballasje som? Kva sorterer du kaffepose som? Du kan raskt få utført tenester ved å ta kontakt via nettsida vår. Klikk på den grøne hjelp og service-fana, og du kan blant anna: Bestille større papirdunk Gi beskjed om manglande tømming av avfall Gi tilbakemeldingar eller stille spørsmål om avfallshandtering og tenestetilbod. Du vil vanlegvis få tilbakemelding samme dag som du har tatt kontakt, innanfor normal arbeidstid. Utdeling av plastemballasjesekkar Du får nye sekkar etter behov. Knyt ein ordinær berepose på dunken, så leverer renovatøren ut ein ny rull. Vi deler også ut nye plastemballasjesekkar til hausten. Sett dunken godt synleg og lett tilgjengeleg Plasser dunken nærast mogleg vegen renovasjonsbilen køyrer slik at det blir enkelt for renovatør å tømme dunken. Avfallet må stå framme kl Vi har av og til behov for å endre køyrerutene våre. Difor er det viktig at dunken alltid står klar for henting frå kl seks om morgonen. Legg alt papir i dunken Bestill større papirdunk utan tillegg i pris dersom du treng større dunk. Design: Spirdesign. Foto: Irene Lovund, Istockphoto, Loop, ÅRIM. Tekst: ÅRIM Trykk: PK Trykk 100% resirkulert papir. Cocoon Offset. MILJØMERKET Kva sorterer du øydelagt mobiltelefon som? Knyt sekken med dobbel knute Hugs å knyte sekken godt saman før levering. Besøk Miljøselskapet ÅRIM på Facebook og svar på konkurransen der. Vi trekker vinnaren 15. august (svara er å finne i bladet) Om du ikkje brukar Facebook, kan du sende svar til post@arim.no eller i posten. Merk e-posten vinn ein sykkel. EKSTRA AVFALL Du kan kjøpe orange sekk til ekstra restavfall. Plasser sekken ved sida av dunken din når det er henting av restavfall. ÅRIM har ansvar for slam (septik) i din kommune Ring ÅRIM dersom du har spørsmål om tidspunkt for slamtømming, om du har behov for ekstratømming, eller har andre spørsmål om slam. ÅRIM har ansvar for innsamling og gjenvinning av avfall og slam. ÅRIM er eit kompetansesenter som legg vekt på miljøvennleg og effektiv drift. Vi arbeider for å gjere det enkelt å levere avfallet til riktig behandling og gjenvinning, gjennom betre informasjon og framtidsretta løysingar. post@arim.no Langelandvegen Ålesund - arim.no

Sortering av mat, glas og metall heime hos deg

Sortering av mat, glas og metall heime hos deg Informasjon Sortering av mat, glas og metall heime hos deg Alt du sorterer blir til noko nytt. Snart får du to nye avfallsdunkar ein til matavfall og ein til glas- og metallemballasje. Les om det nye tilbodet.

Detaljer

La meg få ein sjanse til...

La meg få ein sjanse til... La meg få ein sjanse til... Frå 10. oktober Vi vil ha plastemballasjen din! Du gjer ein viktig miljøinnsats når du sorterer ut plasten du har brukt. La oss gjenvinne meir. Kvifor skal eg sortere ut plastemballasjen?...og

Detaljer

Endeleg eigen dunk for glas og metall

Endeleg eigen dunk for glas og metall Informasjon Endeleg eigen dunk for glas og metall Neste år deler ÅRIM ut dunk for glas- og metallemballasje til alle i Ålesund. Meir sortert avfall gir fleire gjenvunne produkt. Dette er bra for miljøet.

Detaljer

Sortering av avfall i burettslag, sameige og tettbygde område

Sortering av avfall i burettslag, sameige og tettbygde område Sortering av avfall i burettslag, sameige og tettbygde område Felles avfallsutstyr gir estetiske nærmiljø. De kan velge mellom fleire typar renovasjonsutstyr. Praktisk utstyr gjer det enkelt å sortere

Detaljer

Vi vil gjerne slå Molde...

Vi vil gjerne slå Molde... Vi vil gjerne slå Molde......også i plastinnsamling! Å konkurrere er bra, særleg når vi snakkar om miljøtiltak. Våre naboar i Molde har sortert plast i mange år, og har fått eit forsprang. No er vi klare

Detaljer

Innovativ ungdomsbedrift utvikla festekrok til plastsekken din

Innovativ ungdomsbedrift utvikla festekrok til plastsekken din MILJØBLADET Desember 2014 Innovativ ungdomsbedrift utvikla festekrok til plastsekken din Side 4 Smart eske til lyspærene dine. Side 2 La oss gjenvinne meir ÅRIM tek over ti miljøstasjonar. Side 6 Vinn

Detaljer

FULL RULLE MED ALEX side 4. Har du kome i gang med plastinnsamlinga? side 2-3. Vinn ein sykkel side 5. La oss gjenvinne meir

FULL RULLE MED ALEX side 4. Har du kome i gang med plastinnsamlinga? side 2-3. Vinn ein sykkel side 5. La oss gjenvinne meir Eit miljøblad frå ÅRIM - Mai 2012 FULL RULLE MED ALEX side 4 Har du kome i gang med plastinnsamlinga? side 2-3 Vinn ein sykkel side 5 La oss gjenvinne meir Har du kome i gang med plastinnsamlinga? Før

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

La meg få ein sjanse til...

La meg få ein sjanse til... La meg få ein sjanse til... Frå 10. oktober Vi vil ha plastemballasjen din! Du gjer ein viktig miljøinnsats når du sorterer ut plasten du har brukt. La oss gjenvinne meir. Kvifor skal eg sortere ut plastemballasjen?...og

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

BLI KJENT MED ALUMINIUM

BLI KJENT MED ALUMINIUM 1 av 7 sider Oppgåve BLI KJENT MED ALUMINIUM 5. 7. trinn 90 min. SENTRALE OMGREP: Metall, aluminium, kjeldesortering ANBEFALT FØREHANDSKJENNSKAP: Ingen AKSJON ALUMINIUM: Bli kjent med aluminium og få meir

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

BLI KJENT MED ALUMINIUM

BLI KJENT MED ALUMINIUM 1 av 7 sider Oppgåve BLI KJENT MED ALUMINIUM 3. 4. trinn 90 min. SENTRALE OMGREP: Metall, aluminium, kjeldesortering ANBEFALT FØREHANDSKUNNSKAP: Ingen. AKSJON ALUMINIUM: Bli kjent med aluminium og få meir

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Sørigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei og hå! I månaden som er gått har vi leika oss ute i snøen, så nær som kvar dag. Vi sila i bakkane og mala på snøen

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Austigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei alle sammen! Plassebakken Barnehage BA I januar har vi nytta oss av det fine veret å vøre mykje ute! Sjølv om det

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

VI SORTERER METALL NATURFAG MATEMATIKK trinn min.

VI SORTERER METALL NATURFAG MATEMATIKK trinn min. 1 av 5 sider Oppgåve VI SORTERER METALL 5. 7. trinn 60 90 min. 60 90 minutt. Lengre om de skal bruke tettleik for å identifisere metalla. SENTRALE OMGREP: Kjeldesortering, resirkulering, metall, magnetisme,

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel Å aktivere ein leverandør krev i det minste tre steg, og aller helst fire: 1. Kontakt med leverandør, s. 1 2. Oppdatere informasjon i Visma, s. 2

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll Etablere felles standard innan service og kundehandsaming i Askvoll Guiden tek for seg grunnleggande og enkle reglar - enkelte vil hevde at

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

OK, seier Hilde og låser.

OK, seier Hilde og låser. 4 Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg. Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje

Detaljer

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss! Dette heftet er ei samling av ulik informasjon som me håper kan være grei for deg når du skal vær

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist Telenor Xtra Hødd Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Telenor Xtra FFO er eit samarbeid mellom Telenor og Norges Fotballforbund. Tilbodet gjeld

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal Vinter 2014 Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal 2014 I fjor haust feira fylkesbiblioteka i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal bokbåten Epos sin 50 årsdag, vi vil takke for alle gratulasjonar

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar

Detaljer

ÅRIM potensial for auke av mengdene avfall til materialgjenvinning og gjenbruk fram mot 2020

ÅRIM potensial for auke av mengdene avfall til materialgjenvinning og gjenbruk fram mot 2020 ÅRIM potensial for auke av mengdene avfall til materialgjenvinning og gjenbruk fram mot 2020 Samandrag Forslaget til strategi for ÅRIM baserer seg på avfallsdata frå 2015. Etter at tala for 2016 no er

Detaljer

HAUSTE. ÅRIM vil ha meir avfall til sortering. La oss gjenvinne meir MILJØBLADET. Side 4. Det norske matkastebordet Side 2

HAUSTE. ÅRIM vil ha meir avfall til sortering. La oss gjenvinne meir MILJØBLADET. Side 4. Det norske matkastebordet Side 2 MILJØBLADET HAUSTE Desember 06 ÅRIM vil ha meir avfall til sortering Side 4 Det norske matkastebordet Side Vi sorterer meir plast enn før Side 6 Vinn sykkel! Side 8 La oss gjenvinne meir Det norske matkastebordet

Detaljer

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass Ein tydeleg medspelar frå elev til lærling Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass SØKNADEN Må vere ryddig Søknad/CV skal ikkje ha skrivefeil Spør norsklærar om hjelp Hugs å skrive under

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 Då ungdomsskulebussen stoppa i Straumøykrysset kom 3. og 4. klasse veltande ut av bussen, klar til ein ny dag på Straumøy Gard. Marta, Marie og Janna var

Detaljer

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare? bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare? Kst. lovrådgjevar Ole Knut Løstegaard Evalueringskonferansen, Bergen 19. september 2014 Evaluering av offentleglova bakgrunn Prosessen

Detaljer

6-åringar på skuleveg

6-åringar på skuleveg 6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel

Detaljer

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Kva er gründercamp? Treningsleir i kreativitet og nyskaping Elevane får eit reelt oppdrag med ei definert problemstilling Skal presentere ei løysing innanfor eit

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

FANTASTISK FORTELJING

FANTASTISK FORTELJING FANTASTISK FORTELJING Leiken går ut på at alle som er med, diktar ei fantastisk forteljing. Ein av deltakarane byrjar på ein historie, men stoppar etter ei stund og let nestemann halde fram. Slik går det

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg Brattholmen skulefritidsordning Nygårdsvegen 1 5350 Brattholmen Tlf: 55097504/98088134 E-post: liss.schumann@fjell.kommune.no S sosalisering og samspill F Fritid og felleskap O Omsorg SFO: SFO er eit fritidstilbod

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Ditt val! Vidaregåande opplæring 2007 2008 Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Bygg- og anleggsteknikk Design og handverk Elektrofag Helse- og sosialfag Medium og kommunikasjon Naturbruk

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2009

Rådgjevarkonferanse 2009 Rådgjevarkonferanse 2009 Vidaregåande opplæring Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 etter Vg2 Design og duodji Gravørfaget

Detaljer

privat eller prosjektkunde. Våre ekspeditørar har lang erfaring i bransjen. Me har òg svært dyktige handverkarar som kan hjelpe deg.

privat eller prosjektkunde. Våre ekspeditørar har lang erfaring i bransjen. Me har òg svært dyktige handverkarar som kan hjelpe deg. Dagleg leiar Norge er det landet som pussar mest opp. Trendar, fargar og produkt forandrar seg frå år til år. Fargerike Malerboden er ein rein farge og interiørbutikk som ynskjer å vere best på varekunnskap,

Detaljer

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN Oppsummering/ evaluering av månaden Også denne månaden har me vore mykje ute. Prøver å komma oss ut to gonger i løpet av dagen om veret er nokon lunde ok. Det er mykje sykling

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Forbruk og avfall. 1 3 år Aktiviteter. 3 5 år Tema og aktiviteter

Forbruk og avfall. 1 3 år Aktiviteter. 3 5 år Tema og aktiviteter Foto bleie: LOOP Forbruk og avfall Kildesortering: Det er lurt å sortere! Hvis vi er flinke til å sortere avfallet vårt kan det brukes på nytt. På den måten slipper vi å lage nye materialer hver gang.

Detaljer

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim Slik går du frem: 1. Velg deg en ramme. 2. Du skal nå lage et vakkert bilde

Detaljer

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innspelsundersøking Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Status og mål... 3 1.2 Vurderingar av mål knytt til kommunesamanslåing... 4 1.3 Haldningar

Detaljer

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt Ordensreglar Sæbø skule. Gjeldande frå 31.03.2014 Reglane for skulen gjeld på skulen sitt område i heile opningstida til skulen: 07:30 16:30. Reglane gjeld og ved undervisning utanfor skulen sitt område.

Detaljer

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist Telenor Xtra Hødd Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Telenor Xtra FFO er eit samarbeid mellom Telenor og Norges Fotballforbund. Tilbodet gjeld

Detaljer

Frå tre små til ein stor.

Frå tre små til ein stor. Frå tre små til ein stor. TO PARALLELLE PROSESSAR: SKULESAMANSLÅING OG PALS. PALS - kon nferansen 2010 FRÅ FLEIRE PERSPEKTIV Skuleeigar Leiinga ved skulen Tilsette og PALS-teamet sine erfaringar Tilbakemeldingar

Detaljer

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit 53 49 68 18/97 53 02 55 turid.tveit@stord.kommune.no

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit 53 49 68 18/97 53 02 55 turid.tveit@stord.kommune.no Røldal Leilegheit 101 & 103 2011 Informasjon Ve og Vel V/Turid Tveit 53 49 68 18/97 53 02 55 turid.tveit@stord.kommune.no Innhaldsliste Prisar:... 3 Litt om leilegheitane... 4 Røldalsterrassen... 4 Utstyr...

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

Psykologisk førstehjelp i skulen

Psykologisk førstehjelp i skulen Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer