- ei nyskaping i forskingsformidling NATUR, KULTUR, GEOGRAFI, HISTORIE. Prosjektskildring

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "- ei nyskaping i forskingsformidling NATUR, KULTUR, GEOGRAFI, HISTORIE. Prosjektskildring"

Transkript

1 KUNNSKAPSPORTALEN GRIND - ei nyskaping i forskingsformidling NATUR, KULTUR, GEOGRAFI, HISTORIE Prosjektskildring Versjon 1.0 November 2010

2 1.0 Ein portal for kunnskapen om landskapet og livsmiljøet GRIND.no er ein ny kunnskapsportal om natur og kulturhistorie: natur, klima, miljø, busetnad, arkitektur, kulturhistorie og kulturlandskapet si utvikling gjennom mange tusen år. Portalen er forankra i kunnskap frå fagmiljø ved Universitetet i Bergen og andre sentrale forskingsmiljø på Vestlandet, museum og regionale forvaltningsinstitusjonar. Den nye nettstaden er ein del av universitetet sitt program for forskingsformidling. GRIND vil nå eit stort publikum i alle aldrar, frå førskule til senioruniversitet ein nettstad som er lett å finna og lett å bruka; ei innhaldsrik kunnskapskjelde som opnar grinda til landskapet med alle spor etter naturens prosessar og menneskets verksemd. På nettstaden GRIND vil vi finna større og mindre artiklar, i eit pedagogisk og rikt illustrert format, som også viser veg til det opne digitale arkivet BORA (Bergen Open Research Archive) med avhandlingar og vitskaplege artiklar og til nasjonale og internasjonale databasar om landskap, naturvern og kulturmiljø, frå den norske kulturminnedatabasen Askeladden til Man & Biosphere og UNESCO World Heritage, verdsarven. Det som vil skilja GRIND frå andre nettsider om landskap og kulturgeografi er den faglege breidda i stoffet og kombinasjonen av dynamisk og grafisk tilrettelegging av tekst med eit stort biletmateriale og gode digitale kart. GRIND vil føra direkte til kunnskapskjeldene og forskarane, med redaksjonell og pedagogisk tilrettelegging av stoffet. GRIND vil gi nettbrukarane kontakt og dialog med forfattarane bak artiklane, og den langsiktige målsettinga er at GRIND skal bli ein interaktiv og dynamisk 3D-portal som viser veg i landskapet 1.1 Organisering GRIND er organisert med ein fagredaksjon i hovudsak frå Universitetet i Bergen. Portalen ligg under Universitetsbiblioteket (UB) og vert teknisk drifta av ITavdelinga. Fagredaktørane vil ha ansvar for kvar sine fagområde, og alt stoff som vert lagt ut på GRIND vil ha redaksjonell godkjenning. Det er også eit breitt samansett redaksjonsråd med representantar frå Universitetet i Bergen, Hordaland fylkeskommune, fylkesmannen i Hordaland, skulesektoren, reiselivet og kommunane. Redaksjonsrådet kan utvidast til å omfatta heile Vestlandet. 2

3 1.2 Innhald, redaksjon og digitalt format Tekst og biletmateriale på GRIND kan lastast ned og skrivast ut i lågoppløyseleg versjon, innanfor dei rammene som åndsverklova set. Dersom det er eit ynske om kommersiell bruk av materialet, må det inngåast eigne avtalar om dette. Alle rettar for forfattarar, fotografar og teiknarar vert forvalta av fagredaksjonen for GRIND. Nettportalen vil verta kontinuerleg oppdatert og utvida, med lenkjer og vegvisarar i mange retningar til nasjonale og internasjonale nettstader om landskap, natur og kulturgeografi. Grunnmaterialet frå dei tre kunnskapsbøkene om Hordaland er utgangspunktet for GRIND: Kulturhistorisk vegbok for Hordaland, Naturhistorisk vegbok for Hordaland og bokverket om Folgefonna nasjonalpark, Folgefonna og fjordbygdene. Stoffet i desse bøkene er delt inn i tema, landskapsregionar og geografiske/historiske kart. Alt materiale frå Kulturhistorisk Vegbok for Hordaland ligg no på nettet i norsk versjon, i PDF-format, og våren 2011 vil teksten også koma i engelsk versjon. I løpet av 2011 vil også Naturhistorisk vegbok bli lagt ut. Parallelt med at dette materialet blir koda for å gjera det mogeleg å søkja i heile databasen med geografiske og tematiske inngangar, vil det på startsida for GRIND liggja overgangar til fem undergrupper: GRIND tema, GRIND landskap, GRIND vidsyn, GRIND aktuell, GRIND ecopedia. Det siste vil vera ein kombinasjon av eit geografisk leksikon og eit alfabetisk stikkordregister. På denne måten vil brukaren få mange alternativ til å henta fram kunnskap med enkel navigering, også via mobiltelefon og GPS-nettet, når GRIND er ferdig utbygd. Nettportalen vil kopla geografisk og historisk kunnskap til det digitale kartsystemet, og det kan byggjast ut lenkjer til nettstader som Statens Kartverk, Kystverket, UT.no, UNESCO World Heritage Sites, Euromontana, ICOMOS, ICOM, Economuseum, NAVE NORTRAIL, Man & Biosphere og mange andre. I første omgang vil fagredaksjonen ha som oppgåve å leggja ut interessant og aktuelt materiale gjennom tidsskriftartiklar, aviskronikkar, resymé av viktige 3

4 bøker og gode reportasjar, som kompletterer og oppdaterer stoffet i databasen. Slik skal det både vera lett å henta fram faktaopplysningar og gode bilete til turbruk eller søkja seg fram til tematisk fordjuping i vitskaplege artiklar og doktoravhandlingar. 1.3 Målgrupper GRIND vil ha vide målgrupper. Aktuelle brukarar vil vera skuleklassar i grunnskule og vidaregåande skule, studentar, senioruniversitet, folkeakademi, reiseliv og kulturbasert næringsliv, forvaltningssektoren og den store gruppa av interesserte einskildpersonar i alle aldrar. Det vil blant anna bli lagt opp til at skular på ulike alderstrinn kan ha interaktiv kontakt med fagredaksjonen og leggja inn materiale frå feltdagbøker og landskapsstudiar. Aktuelle samarbeidspartnarar i startfasen vil vera profesjonsstudium som Bergen Arkitektskole og Høgskolen i Bergen, faginstitusjonar som Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren, museumssektoren, Norsk Kulturråd, fagavdelingane for kulturminne, landbruk og miljøvern på regionalt nivå og større bykommunar som Bergen. 1.4 Døme på bruk: - Ein skuleklasse skal ha naturfagsekskursjon til Gullfjellet for å studera marmorgangane i fjellet der. Gjennom tusenåra har stadige drypp frå vatn, filtrert gjennom mose, grave djupe renner i marmoren 1 millimeter på 100 år. Med utskrift frå GRIND i sekken dreg klassen på tur med måleband og lupe og lagar ein illustrert rapport til feltdagboka. - Eit cruiseskip legg til kai i Eidfjord. Basert på reiseruta til skipet har cruiseselskapet, turistkontoret eller den kommunale kulturavdelinga laga ei brosjyre der ein har henta ut informasjon frå GRIND om Eidfjord og andre stader skipet skal passera på rundturen sin i Hardangerfjorden. Cruisepassasjerane finn i brosjyren kart over reiseruta, og får informasjon om aktuelle naturlokalitetar og kulturhistoriske stader undervegs. - I hotellresepsjonen i Bergen står ein familie med ynske om å utforska Nordhordland og Øygarden. Dei får eit kart av resepsjonisten og legg i veg. Dette kartet er merka med stikkord og namn som gjev treff i GRIND. Basert på kvar dei går kan dei enten søke opp namn/ord i GRIND via mobiltelefonen for å finne ut 4

5 meir om det dei måtte vere interessert i, eller dei kan bruke den innebygde GPS-en til å få opp informasjon om staden dei er på. - Eit par som er på reise på Folgefonnhalvøya eller ei gruppe ungdommar som vitjar Juklafjord nasjonalparksenter i Jondal vil vita meir om både kultur- og naturlandskapet på dei stadene dei reiser til. Interessante turforslag kan hentast fram frå GRIND-portalen, med tilhøyrande tema. - Ei tverrfagleg studentgruppe frå Universitetet i Bergen og Bergen Arkitektskole dreg på feltarbeid til Voss, Hardanger og Sunnhordland for å studera senterutvikling, tettstadvekst og arkitektur. Det historiske bakgrunnsmaterialet blir skrive ut frå GRIND-basen. - Den Norske Turistforening skal arrangere tur til Hårteigen. Dei finn ut at dei kan finne skildring i Grind av området dei skal inn i, og sidan informasjonen er tagga med geo-koordinatar kan dei hente det ut ved hjelp av GPS eller smarttelefon når dei er på staden. 2.0 Teknisk utforming av GRIND Skal portalen bli ein levande og interessant nettstad, må det utformast ei ny, dynamisk teneste med ulike typar materiale i eit søkbart format. XML vil vera eit naturleg val då det er eit mykje brukt, ope dataformat som skil mellom innhald og presentasjon. Innhaldet i teksten vil kunne kodast for god gjenfinning med tematisk og geografisk søkeinngang, og stilark 1 vil ta seg av presentasjon i ulike grafiske versjonar med vekslande biletformat. Uni Digital har utarbeida ein rapport på oppdrag frå GRIND 2, og tek her for seg korleis ein kan strukturera innhaldet i GRIND ved hjelp av XML. Universell utforming 3 må takast omsyn til i arbeidet med portalen, slik at GRIND.no kan brukast av alle. Døme på moment ein bør tenkja på er å ha godt strukturerte sider, tekstlege representasjonar av alt som ikkje er tekst og at portalen er tilrettelagt slik at hjelpemiddel som automatisk opplesing og tekstforstørring kan brukast utan problem. 1 Cascading Style Sheets: 2 Bruvik, T. M. (2010) Tekstformater og kodestruktur for innhold i Grind. Upublisert materiale. 3 Universell utforming: 5

6 Det er utarbeidd ei førebels skisse over korleis ein tenkjer seg at GRIND.no kan utviklast: Grind.no concept overview GUI Report Pdf on-the-fly Grind Core Software Non-GPL T r a n s a c ti o n e n g i n e Library Functionality based on Open Source Software GPL Export API Commercial actor Newspaper Apps for istore Apps for istore PayBack Import API UiB DataStorage Bora, etc. Dei blå boksane er gratisvare, dei brune er kommersielle Tanken bak denne arkitekturen er at det skal vera ei lukka kjerne med kode som skal styra all kommunikasjon og transaksjon i systemet (Grind Core). Eit programmeringsbibliotek (Library) vil verka som eit bindeledd mellom datalageret (DataStorage) og brukargrensesnittet (GUI), og det vil i tillegg kunna eksporterast ulike API 4 og andre tenester frå biblioteket. Datalageret vil innehalda alt materialet i GRIND, og dette skal vera fritt tilgjengeleg for alle gjennom brukargrensesnittet. Materialet vil vera i XML-format og det vil dermed kunna 4 Application Programming Interface: 6

7 transformerast ved hjelp av stilark til å verta vist i den forma brukaren ynskjer: tilgjengeleg på internett eller mobiltelefon, utdrag som kan trykkjast opp eller materialet kan inngå i andre tenester. Det vil kunna tilretteleggjast for at kommersielle aktørar skal kunna betala for å henta ut data til eige bruk, og det kan også vera mogleg å laga meir spesialiserte tenester som kan verta betalingstenester. Døme på slike tenester vil vera applikasjonar til mobiltelefon, der ein kan få informasjon frå GRIND basert på GPS-koordinatar. Programmeringsbiblioteket kan byggja på open programvare, basert på GPL 5 (GNU General Public License). Program distribuert under denne lisensen gjev tilgang til all kjeldekode, slik at andre kan endra og byggja vidare på koden. Vert denne koden brukt vidare, må også nye program og versjonar vera under same lisens, slik at ingen kan henta kjeldekode frå eit GPL-program og laga lukka program av det. På grunn av finansieringsbehovet i dette utviklingsarbeidet er det mogleg at ein først vil laga ein mindre del av denne arkitekturen, men då må ein vera heilt viss på at denne løysinga seinare kan skalerast opp utan problem. 2.1 Tekniske utfordringar Døme på tekniske utfordringar ein vil støyta på i arbeid med portalen: Eit problem med koding av stadnamn er at grenser og namn endrar seg over tid. Til dømes har ikkje Bergen kommune i 2010 dei same grensene og dermed innhald som det hadde i Dette må det takast høgde for i kodinga. Portalen inneheld mykje kart- og biletstoff, og ein må finna ein balanse mellom å få presentert desse på ein god måte og å ha ein portal som fungerer for brukarar med ulik bandbreidde og skjermstorleik. Det bør difor vera gjennomtenkt korleis portalen presenterer kart med ekstra informasjon, til dømes ved å byggja opp kart med ulike datalag for å gjera det lettare å bruka klientmellomlagring for kartdata. XML-parsing og -konvertering (XML Transformations) er tunge dataprosessar, og portalen må lagast på ein slik måte at han vil tåla mange spørjingar samstundes. Det må difor tenkjast på dette i gjennomføringa, til dømes 5 General Public License: 7

8 2.2 Kompetansekrav For å kunna utvikla portalen på denne måten vil ein trengja ulik kompetanse, og det bør vera personar med god utviklingserfaring involvert i arbeidet. Kompetanse innanfor desse felta vil vera nødvendig: - Programmering - W3C Web Content Accessibility Guidelines (WCAG) (tilgjengelegstandard) - GIS (geografiske informasjonssystem) - Tekstkoding - Webdesign 2.3 Finansiering For at GRIND.no skal verta ein suksess, er det viktig å få sikra driftsmidlar etter utviklingsperioden, slik at arbeidet med portalen ikkje stoppar opp. Vert han ikkje kontinuerleg oppdatert og overvaka vil han fort verta utdatert og statisk. Eit middel for å gjera drifta av GRIND.no mest mogleg stabil, er å opna opp for at kommersielle aktørar kan koma inn og betala for data som dei hentar ut til eigne tenester. Med tanke på at reiselivet og skuleverket representerer store brukargrupper, kan det vera aktuelt å planleggja ei optimal samordning av det tekniske utviklingsarbeidet, i høve til nasjonale program for større satsing på samarbeid mellom reiselivet og akademia og i høve til det nye nasjonale Senter for IKT i utdanningen 6 som er etablert i Tromsø frå 1. januar 2010 under Kunnskapsdepartementet. Tilsvarande gjeld samarbeid med og støtte via det nye og utvida Norsk Kulturråd. Alt som eventuelt vil koma inn av midlar frå kommersielle aktørar og betalingstenester, vil verta brukt til drift og vidare utvikling av GRIND.no, slik at 6 Senter for IKT i utdanningen: 8

9 denne kan vera gratis tilgjengeleg for alle. Eit mål vil vera å få portalen mest mogleg sjølvfinansierande i driftsfasen, i tillegg til grunnløyvinga frå Universitetet i Bergen og eventuelle andre bidragsytarar, slik at han ikkje i for stor grad skal vera avhengig av varierande budsjettløyvingar og vilje til å oppretthalda portalen i knappe økonomiske tider. Budsjett for utviklingsarbeid (overslag 3 år) Lønsmidlar prosjektleiing UB Lønsmidlar drift/utvikling IT-avd Innkjøp tenester eksternt (utvikling) Utstyr (Programvare, servere, datautstyr) Reiser/møter Andre driftsutgifter Totalt: Finansiering UiB Bidrag/prosjektfinansiering Totalt: Føresetnadar for eit vellykka prosjekt Prosjektet har ei viss grad av risiko i seg, då det er avhengig av relativt omfattande finansiering i utviklingsperioden. - For å kunne byggja portalen slik ein ser for seg, vil ein trengja ulike typar teknisk kompetanse, med design og programmering i eit tett samarbeid med redaksjon og fagleg utviklingsarbeid. Dette vil krevja ei fast redaksjonell/teknisk kjernegruppe. - Portalen må lagast slik at han har kapasitet for noverande og framtidig datamengde og trafikk. 9

10 - Portalen er avhengig av tilførsel av nytt materiale, og det er difor essensielt at ein klarar byggja opp ein base av fagpersonar som jamleg kan skriva stoff til GRIND og som kan overvaka aktualitetsstoff, artiklar, kronikkar, debattar og litteratur innanfor relevante fagfelt som handlar om mennesket og landskapet. 10

AKTUELL I FORSKARENS VERKSTAD ARTIKLAR BØKER DEBATT KRONIKKAR RAPPORTAR BUSETNAD AREALFORVALTNING KLIMA MILJØ

AKTUELL I FORSKARENS VERKSTAD ARTIKLAR BØKER DEBATT KRONIKKAR RAPPORTAR BUSETNAD AREALFORVALTNING KLIMA MILJØ AKTUELL I FORSKARENS VERKSTAD ARTIKLAR BØKER DEBATT KRONIKKAR RAPPORTAR REPORTASJAR LANDSKAP BUSETNAD AREALFORVALTNING KLIMA MILJØ TEMA ARKEOLOGI ARKITEKTUR BYGGESKIKK BYUTVIKLING FAUNA FLORA FOLKEKUNST

Detaljer

Kunnskapsportalen GRIND UNIVERSITETET I BERGEN. Referat frå fagredaksjonssamling på Solstrand 08.11.10

Kunnskapsportalen GRIND UNIVERSITETET I BERGEN. Referat frå fagredaksjonssamling på Solstrand 08.11.10 Kunnskapsportalen GRIND UNIVERSITETET I BERGEN Referat frå fagredaksjonssamling på Solstrand 08.11.10 Tilstades: Gunstein Akselberg, professor, Nordisk seksjon, LLE Jostein Bakke, førsteamanuensis, Institutt

Detaljer

Den nye seksjon for applikasjonar

Den nye seksjon for applikasjonar Nye IT-avdelinga Den nye seksjon for applikasjonar Ei kort innleiing om prosessar basert på ITIL som eg brukar litt i presentasjonen Seksjonen sine ansvarsområde 3 av mange områder som seksjonen skal handtera

Detaljer

Lotteri- og stiftingstilsynet

Lotteri- og stiftingstilsynet www.isobar.no Isobar Norge Org.nr. 990 566 445mva Pilestredet 8 / N- 0180 Oslo. hello@isobar.no Lotteri- og stiftingstilsynet - Vurdering av publiseringsløysingar basert på open kjeldekode Utarbeida for:

Detaljer

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77) Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77) Søknadssum: 411 000 Varighet: Toårig Kategori: Innsatsområder Nye formidlingsmetoder Nasjonalbibliotekets digitale tjenester som grunnlag for nye tilbud Opplysninger

Detaljer

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vil du vera med å byggja ein ny kommune? Vil du vera med å byggja ein ny kommune? - Skal Fjell, Sund eller Øygarden halda fram som eigne kommunar, eller skal vi saman byggja Nye Øygarden kommune? Trygg framtid... Vi håpar at du opplever det godt

Detaljer

EasyPublish Kravspesifikasjon. Versjon 1.0

EasyPublish Kravspesifikasjon. Versjon 1.0 EasyPublish Kravspesifikasjon Versjon 1.0 Endringshistorie Dato Versjon Kommentarar Person 12.04.2005 1.0 Første utkast Jesro Christoffer Cena Innhald 1 Innleiing...4 1.1 lsetjing... 4 1.2 Omfang... 4

Detaljer

SLUTTRAPPORT FOR. DEN BRUKARORIENTERTE HEIMESIDA: Eit forprosjekt

SLUTTRAPPORT FOR. DEN BRUKARORIENTERTE HEIMESIDA: Eit forprosjekt SLUTTRAPPORT FOR DEN BRUKARORIENTERTE HEIMESIDA: Eit forprosjekt 1. Kort oppsummering av prosjektet Biblioteka i Vest består av eit samarbeid mellom biblioteka i kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

Detaljer

www.hordaland.no Nytt HFK Intranett

www.hordaland.no Nytt HFK Intranett Nytt HFK Intranett Vår digitale kvardag Gode medarbeidar! Fylkesrådmann Paul M. Nilsen Både på jobb og privat brukar dei fleste av oss PC til ei lang rekkje oppgåver. Å meistra bruk av digitale verktøy

Detaljer

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS S-200504339-4/135.3 RAMMEAVTALE og Som del av denne avtalen følgjer: Vedlegg l: Samarbeidavtale med spesifikasjon av tilskot. 1. Definisjonar Tenestar knytt til tilskot: Som nemnt i punkt 3.1 og vedlegg

Detaljer

Informasjon og brukarrettleiing

Informasjon og brukarrettleiing Informasjon og brukarrettleiing Om kartløysinga Kartløysinga er tenarbasert. Alle operasjonar blir utførde av ein sentralt plassert tenar (server). Dette inneber at du som brukar berre treng å ha ein pc

Detaljer

OVERSETTING AV KULTURHISTORISK VEGBOK OG NATURHISTORISK VEGBOK TIL ENGELSK OG TILRETTELEGGING FOR INTERNETT

OVERSETTING AV KULTURHISTORISK VEGBOK OG NATURHISTORISK VEGBOK TIL ENGELSK OG TILRETTELEGGING FOR INTERNETT 30. desember 2005 OVERSETTING AV KULTURHISTORISK VEGBOK OG NATURHISTORISK VEGBOK TIL ENGELSK OG TILRETTELEGGING FOR INTERNETT SAMARBEID MELLOM UMVERSITETETI BERGEN, HORDALAND FYLKES- KOMMUNE, SPAREBANKEN

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Kommunikasjonsplan Februar 2016

Kommunikasjonsplan Februar 2016 Kommunikasjonsplan Februar 2016 1 Innleiing Denne kommunikasjonsplanen skal vera ein reiskap for informasjon knytt til arbeidet med kommunereforma for kommunane Fjell, Sund Øygarden. Fase 1 strekkjer seg

Detaljer

KRAVSPESIFIKASJON DIGITALT PLANREGISTER

KRAVSPESIFIKASJON DIGITALT PLANREGISTER RAVSPESIFIASJON DIGITALT PLANREGISTER ONURRANSEGRUNNLAG vam herad Ambodskonkurranse på levering av programvare for forvaltning av eit digitalt planregister til eining for private planar og byggjesak i

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAVDELINGA RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN I SAMARBEID MED FLORA HISTORIELAG FLORA KOMMUNE Torleif Reksten og Hermod Seim ved skiltet på rutekaia.

Detaljer

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke Lønnsame næringar Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke Litt historikk, og om verksemda. Våre produkt i dag. Kven er våre kundar? Nokre av våre utfordingar? Korleis ser

Detaljer

Naturhus og informasjonssenter også i våre kommunar?

Naturhus og informasjonssenter også i våre kommunar? Naturhus og informasjonssenter også i våre kommunar? 2012: 35 nasjonalparker (på fastlandet) 15 autoriserte nasjonalparksenter Mange andre typar informasjons-senter Mange ynskjer senter til sitt verneområde

Detaljer

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum 2011-2015

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum 2011-2015 KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2014/276-1 Saksbehandlar: Elisabeth Bjørsvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Kultur- og ressursutvalet 21.01.2014 Fylkesutvalet 30.01.2014 Fylkestinget

Detaljer

Fylkesatlas i ny versjon (Adaptive2)

Fylkesatlas i ny versjon (Adaptive2) Fylkesatlas i ny versjon (Adaptive2) www.fylkesatlas.no er frå 06.05.2010 oppgradert til ny versjon (basert på Adaptive2). Overgangen til ny teknologi har ført til store endringar/betringar. Raskare prosessering

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007 Rapport om målbruk i offentleg teneste 27 Institusjon: Adresse: Postnummer og -stad: Kontaktperson: E-post: Tlf.: Dato: Høgskolen i Sør-Trøndelag 74 Trondheim Lisbeth Viken lisbeth.viken@hist.no 7355927

Detaljer

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU Møteinnkalling Stølsheimen verneområdestyre - AU Utval: Møtestad: E-post, Fjordsenteret Aurland Dato: 09.11.2015 Tidspunkt: 12:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post fmsfano@fylkesmannen.no.

Detaljer

HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR

HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga Arkivsak 201202564-2 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 25.04.2012 HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR SAMANDRAG

Detaljer

Debatt og opplevelser på tvers (Ref #b6a4857c)

Debatt og opplevelser på tvers (Ref #b6a4857c) Debatt og opplevelser på tvers (Ref #b6a4857c) Søknadssum: 507 000 Varighet: Toårig Kategori: Innsatsområder Biblioteket som møteplass Opplysninger om søker Organisasjonsnavn / nr Fjell folkeboksamling

Detaljer

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord Universell utforming i anskaffingar Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord Prosjektleiar Knutepunkt Møre og Romsdal 16.02.2011 Innkjøpsseksjonen Knutepunkt Møre og Romsdal kort informasjon Dei viktigaste utfordringane

Detaljer

Kommunikasjonsplan Fylkesplan 2013-2016, regional plan for Møre og Romsdal

Kommunikasjonsplan Fylkesplan 2013-2016, regional plan for Møre og Romsdal Kommunikasjonsplan Fylkesplan 2013-2016, regional plan for Møre og Romsdal For å sikre ei breiast muleg deltaking i arbeidet med Fylkesplan 2013-2016 skal det utarbeidast ein kommunikasjonsplan. Mål for

Detaljer

Kommunikasjonsplan Voss herad 2020

Kommunikasjonsplan Voss herad 2020 Kommunikasjonsplan Voss herad 2020 Innleiing God og målretta informasjon til rett tid er viktig for å lukkast best mogleg med å slå saman Voss og Granvin til Voss herad. Dette er viktig både i prosjektet

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Presentasjonsmalar - Powerpoint. Kort rettleiing i bruk av malane

Presentasjonsmalar - Powerpoint. Kort rettleiing i bruk av malane Presentasjonsmalar - Powerpoint Kort rettleiing i bruk av malane Presentasjonsmalar - Powerpoint Kort rettleiing i bruk av malane Det er utarbeidd to malar til bruk ved presentasjonar: Hfk-ppmal-1.pot

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune Ipad som politisk verktøy Surnadal kommune Bruk av Ipad Surnadal kommune har ei ordning med bruk av Ipad i samband med politiske møte Dette er ei frivillig ordning Det er fullt mogleg å bruke eige utstyr

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71)

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71) Side 1 av 5 SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71) SØKNADSFRIST: 15. NOVEMBER 2015 Søknad sendast til: Sogn og Fjordane fylkeskommune Kulturavdelinga

Detaljer

Forslag frå fylkesrådmannen

Forslag frå fylkesrådmannen TELEMARK FYLKESKOMMUNE Hovudutval for kultur Forslag frå fylkesrådmannen 1. Telemark fylkeskommune, hovudutval for kultur gir Norsk Industriarbeidarmuseum og Vest Telemark Museum ei samla tilsegn om kr

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

DIGITAL REISELIVSHISTORISK FORMIDLING BASERT PÅ SEMANTISK TEKNOLOGI

DIGITAL REISELIVSHISTORISK FORMIDLING BASERT PÅ SEMANTISK TEKNOLOGI DIGITAL REISELIVSHISTORISK FORMIDLING BASERT PÅ SEMANTISK TEKNOLOGI Norsk Reiselivsmuseum Oppretta som eiga stifting i Balestrand i 1986 Konsolidert med De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum 2007, og

Detaljer

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger Samferdselsutvalet i Hordaland 5020 BERGEN Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger Hardangerrådet iks sender slik uttale vedr. ferjesamband i Hardanger, og ber om at denne uttalen vert teke omsyn til i budsjetthandsamingsprosessen

Detaljer

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv. HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal

Detaljer

Virksomhetsplan for år 2016 BESØKSSENTER FOLGEFONNA NASJONALPARK

Virksomhetsplan for år 2016 BESØKSSENTER FOLGEFONNA NASJONALPARK 1. Vedlegg b Virksomhetsplan for år 2016 BESØKSSENTER FOLGEFONNA NASJONALPARK Senteret skal årlig utarbeide en virksomhetsplan. Denne skal beskrive senterets planlagte drift for 1 år av gangen. Virksomhetsplanen

Detaljer

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015 Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015 Sluttrapport Utarbeidd av Sogn og Fjordane fylkeskommune www.sfj.no 1. Innleiing Prosjektnamn: Kartlegging

Detaljer

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås «VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering

Detaljer

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR Utvikling av logo: Dei tre konsepta eg valde å jobba med var, energisparande, vatn og varme. Eg utvikla desse logoane innafor same stil, men med ulik form og symbolikk. Eg jobba med desse parallelt og

Detaljer

Høyringsbrev: Oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram for kommunedelplan for trafikksikring 2017-2020

Høyringsbrev: Oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram for kommunedelplan for trafikksikring 2017-2020 Fjell kommune BERGEN KOMMUNE Postboks 7700 5020 BERGEN Høyringsbrev: Oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram for kommunedelplan for trafikksikring 2017-2020 Dokumentet følgjer vedlagt. Dokumentet

Detaljer

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Bustadområde i sentrum. Vurdering Bustadområde i sentrum Vurdering Balestrand 10.10.2009 Gode bustadområde i Balestrand sentrum Kommuneplan, arealdelen Status I. Sentrumsnære buformer For Balestrand sentrum er det gjeldande reguleringsplanar

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Oktober 2014 Tittel: Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Dato: Oktober 2014 www.nokut.no Forord NOKUT har vore i kontinuerleg endring sidan

Detaljer

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012 Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012 Mål: Lære å lese fagtekstar (både tekst, bilete og overskrifter). Lære å kunne trekke ut opplysningar frå ei fagtekst. Lære å kunne søke etter informasjon

Detaljer

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv Kart i Google earth Bø 19. april 2012 Arne Hjeltnes, Bø Turlag Bøelva-Gvarvelva, Breisås, Bryggefjell, Folkestadåsane, Gygrestolen, Høyslass-Bruskor,

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Sporing av turstiar med mobil/gps. Guttorm Flatabø, Vestlandsforsking gfl@vestforsk.no 40060972 Luster, 15.05.2012

Sporing av turstiar med mobil/gps. Guttorm Flatabø, Vestlandsforsking gfl@vestforsk.no 40060972 Luster, 15.05.2012 Sporing av turstiar med mobil/gps Guttorm Flatabø, Vestlandsforsking gfl@vestforsk.no 40060972 Luster, 15.05.2012 Tourist guide for the northern periphery EU-prosjekt med 11 partnarar i Irland, Finland,

Detaljer

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak 201011409-3 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 23.02.2011-24.02.2011

Detaljer

Kommunikasjonsplan. Nye Øygarden kommune

Kommunikasjonsplan. Nye Øygarden kommune Kommunikasjonsplan Nye Øygarden kommune Fase 3: Fellesnemnda - oktober 2017 desember 2019 1 Innleiing Denne kommunikasjonsplanen skal vera ein reiskap for informasjon knytt til arbeidet med kommunereforma

Detaljer

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE.

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE. UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE. KOMPETANSEMÅL Etter 10.trinn skal elevane kunna:. Gje ei oversikt over lokalt næringsliv. Klargjera eigne interesser, anlegg og verdiar som føresetnad for sjølvstendige

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2009

Rådgjevarkonferanse 2009 Rådgjevarkonferanse 2009 Vidaregåande opplæring Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 etter Vg2 Design og duodji Gravørfaget

Detaljer

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune forretningsidé forretningsmodell - forretningsplan Sogn og Fjordane Fylkeskommune i samarbeid med Viaduct og Mentor AS Innleiing... 3 Samling 1: Forretningsideen

Detaljer

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars 2013. Pål Sandal

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars 2013. Pål Sandal KF BedreStyring KF brukarkonferanse Oslo 22. mars 2013 Pål Sandal Innhald Organisering og leiing i Gloppen Kvar står vi i dag? Kva har vi gjort? Erfaringar Vegen vidare! Pål Sandal Sjef strategi og tenesteutvikling

Detaljer

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes Ny utdanning i Norge! ARBORIST Fagskulane i Hordaland avdeling Hjeltnes Om studiet Ynskjer du ein spennande etterutdanning? Er du fasinert av og likar å arbeide med tre? Bli Arborist! Fagskuleutdanninger

Detaljer

Adresseføresegner, Sund kommune

Adresseføresegner, Sund kommune Adresseføresegner, Sund kommune 1. Adressemynde 2. Namnemynde 3. Offisiell adresse 4. Nærare om arbeidet til adressemynde og namnemynde 5. Retningsliner for val og skrivemåte av adressenamn 6. Retningsliner

Detaljer

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN vedteke av kommunestyret 29.01.1998 1. HISTORISK BAKGRUNN Dei første skulekrinsane i Samnanger gjekk over til nynorsk («landsmål») i 1909. Sidan 1938 har nynorsk vore einerådande

Detaljer

Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap

Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap Fakultet for samfunnsfag Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap Kunnskapsorganisasjon 3 Bokmål / Nynorsk Dato: Mandag 29. april 2013 Tid: 4 timer / kl. 9-13 Oppgavesettet består av: 11 sider Antall

Detaljer

Retten til spesialundervisning

Retten til spesialundervisning Retten til spesialundervisning Elevens individuelle rett til spesialundervisning Gunda Kallestad OT/PPT Opplæringslova 5-1, første ledd Elevar som ikkje har, eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte

Detaljer

Ny strategiplan for Høgskulen

Ny strategiplan for Høgskulen Ny strategiplan for Høgskulen Nokre innspel til det vidare arbeidet Petter Øgar Mi forståing av strategisk plan Ein overordna og langsiktig plan for å oppnå bestemte overordna mål for organisasjonen Måla

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG PLANPROGRAM Dette bildet av ein del av Sjøholt sentrum er teke i slutten av 1860-åra INNHALDSLISTE 1. INNLEIING... 3 2. BAKGRUNN FOR KULTURMINNEPLANEN... 4 3. FØRINGAR,

Detaljer

Samlingsdatabasane. I denne presentasjonen vil de få sjå Eit felles brukargrensesnitt Døme på nokre databasar frå ulike fagområde

Samlingsdatabasane. I denne presentasjonen vil de få sjå Eit felles brukargrensesnitt Døme på nokre databasar frå ulike fagområde Samlingsdatabasane Samlingsdatabasane er ei samlenemning på alle databasane som Eining for digital dokumentasjon ved Universitetet i Oslo har laga. Samlingsdatabasane inneheld data frå fagområde som arkeologi,

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

PhD- og Postdoc-utlysninger ved Det medisinsk-odontologiske fakultet: Søknadsprosess og vurderingskriterier. Roland Jonsson 01.

PhD- og Postdoc-utlysninger ved Det medisinsk-odontologiske fakultet: Søknadsprosess og vurderingskriterier. Roland Jonsson 01. PhD- og Postdoc-utlysninger ved Det medisinsk-odontologiske fakultet: Søknadsprosess og vurderingskriterier Roland Jonsson 01. juni, 2015 Det medisinsk-odontologiske fakultet Basalforskning, klinisk forskning,

Detaljer

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA Evaluering 0207 1 Kort omtale av prosjektet; Nettstøtta

Detaljer

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing Hovudelementa på stasjon Arbeidstid Rolleforståing Målsettingar og intensjonar med arbeidstidsavtalen Prosessar Forteljing

Detaljer

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2014 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Detaljer

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre Arkiv: K1-002 Vår ref: 2014000344-45 Journalpostid: 2015018302 Saksbeh.: Elin Wetås de Jara KOMMUNEREFORMA - VIDARE FRAMDRIFT Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre Framlegg

Detaljer

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.» Valle Venstre «Menneska er viktigare enn systemet.» Dette er Valle Venstre: Venstre er eit liberalt parti. Ein liberal politikk tek utgangspunkt i det enkelte mennesket, samstundes med at alle har ansvar

Detaljer

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER 1 Reguleringsplan for Bruvik sentrum, del aust på g.nr.153, Osterøy kommune Reguleringsplan utarbeidd av : FORTUNEN AS v/

Detaljer

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Visjon og formål Visjon: Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Formål: Telemark Lys AS er ei attføringsbedrift som, gjennom framifrå resultat, skal medverke til å oppfylle Stortingets målsetting om

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde Føretak for framtida Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde Kvifor dette møtet? Orientere om arbeidet vi har starta med utviklingsplanar Ein utviklingsplan for verksemda Skal omfatte både somatikk og

Detaljer

Nettbedrift nye funksjonar frå februar 2016

Nettbedrift nye funksjonar frå februar 2016 Nettbedrift nye funksjonar frå februar 2016 Innhald 1. Bakgrunn 2 2. Engelsk versjon 2 3. Registrerte utbetalingar filtrering på brukar 2 4. Forbetra filfunksjonalitet 2 4.1 Splitting/gruppering av filer

Detaljer

ehandel og lokalt næringsliv

ehandel og lokalt næringsliv ehandel og lokalt næringsliv Kvifor ehandel? Del av regjeringas digitaliseringsarbeid det offentlege skal tilby digitale løysingar både til enkeltpersonar og næringsliv Næringslivet sjølve ønskjer ehandel

Detaljer

Eit felles nyskapande løft på eit tradisjonsrikt felt. Ved prosjektleiar Jan Morten Wiland Nesse Hotell Norge 11.12.2012

Eit felles nyskapande løft på eit tradisjonsrikt felt. Ved prosjektleiar Jan Morten Wiland Nesse Hotell Norge 11.12.2012 Eit felles nyskapande løft på eit tradisjonsrikt felt Ved prosjektleiar Jan Morten Wiland Nesse Hotell Norge 11.12.2012 Prosjekta kan sjåast på som ein totrinnsrakett, der Gjensidigemidlane skal nå ut

Detaljer

Fakultet for samfunnsfag Bibliotek- og informasjonsvitenskap BIB1300 og BIB6300 Kunnskapsorganisasjon og gjenfinning 2

Fakultet for samfunnsfag Bibliotek- og informasjonsvitenskap BIB1300 og BIB6300 Kunnskapsorganisasjon og gjenfinning 2 Fakultet for samfunnsfag Bibliotek- og informasjonsvitenskap BIB1300 og BIB6300 Kunnskapsorganisasjon og gjenfinning 2 Bokmål og nynorsk Dato: 28. mai 2015 Tid: 6 timer/ 0900-1500 Antall sider : 11 (inkl.

Detaljer

Informasjon til pasientar og pårørande

Informasjon til pasientar og pårørande HELSE BERGEN Haukeland universitetssjukehus Informasjon til pasientar og pårørande ReHabiliteringsklinikken Haukeland universitetssjukehus Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering Innhold Velkommen

Detaljer

Kommunikasjonsplan. Fase 2: Førebuande fellesnemnd. - desember 2016 juni 2017

Kommunikasjonsplan. Fase 2: Førebuande fellesnemnd. - desember 2016 juni 2017 Kommunikasjonsplan Fase 2: Førebuande fellesnemnd - desember 2016 juni 2017 Desember 2016 1 Innleiing Denne kommunikasjonsplanen skal vera ein reiskap for informasjon knytt til arbeidet med kommunereforma

Detaljer

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2 RETTLEIAR BYGGSØK Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2 Kvinnherad kommune Juni 2014 Utfylling av søknad Nettadresse: http://ebs-2010.dibk.no/ Eventuelt via www.dibk.no HUGS: Les hjelpeteksten til

Detaljer

Opplysninger om søker

Opplysninger om søker Skjemainformasjon Skjema Søknadsskjema for museumsprogrammer 2015 Referanse 1005607 Innsendt 05.05.2015 16:08:28 Opplysninger om søker Søker Navn på organisasjonen Museum Vest Institusjonens leder Stig

Detaljer

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii KoønnWEK v/sidgr.1- or 11(0I: iii &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. Opplysningar om søkjaren: Namn:Jorun Larsen Adresse: Seimsvegen 73 Postnr./stad: 5472 SEIMSFOSS Telefon: 91398512 Organisasjonsnr:

Detaljer

Kuventræ 54/11 og 54/26. Os kommune. Kulturhistoriske registreringar i samband med reguleringsplan for Kuventræ, Os k. Rapport 15 2 0 0 9

Kuventræ 54/11 og 54/26. Os kommune. Kulturhistoriske registreringar i samband med reguleringsplan for Kuventræ, Os k. Rapport 15 2 0 0 9 Kuventræ 54/11 og 54/26. Os kommune. Kontaktinformasjon Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga...55239185 eksp. Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga...55239187 fylkeskonservator

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

BUDSJETT 2015 - OG SKULESTRUKTUR

BUDSJETT 2015 - OG SKULESTRUKTUR Meløy kommune ordførar rådmann 8150 Ørnes 03.12.2014 BUDSJETT 2015 - OG SKULESTRUKTUR Landslaget for nærmiljøskulen (LUFS) arbeider med denne saka på oppdrag frå Foreldrerådet (FAU) ved Neverdal skule

Detaljer

Vår ref. 2013/1732-10. Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

Vår ref. 2013/1732-10. Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal Fellestenester Politisk sekretariat «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www. kvinnherad.kommune.no

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

16. april 2015. Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

16. april 2015. Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver 16. april 2015 Kurs i matrikkelføring Adresseoppgåver Innhold Oppgåve A1 Opprett ny veg... 3 Oppgåve A2 Etablering av ny vegadresse... 4 Oppgåve A3 Omadressering av adresse... 7 Oppgåve A4 Endre vegadressedata...

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: rådhuset Møtedato: 24.08.2010 Tid: 12.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596

Detaljer

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN? TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN? Du kan no få oversyn over kva for ressursar og verdiar du har i skogen din. Okt-13 Kva er ein skogbruksplan? Ein skogbruksplan inneheld areal-, miljø- og ressursoversikt

Detaljer

Informasjonssbrev Arkivplan.no 2015.09

Informasjonssbrev Arkivplan.no 2015.09 Informasjonssbrev Arkivplan.no 2015.09 Eigarane av arkivplan.no har no gleda av å presentere verktøyet i ei oppdatert og forbetra utgåve. Den nye versjonen er tilgjengeleg frå 05.10.2015. Oppdateringane

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Telefrukt AS. Medlemsportal - Introduksjon

Telefrukt AS. Medlemsportal - Introduksjon Telefrukt AS. Medlemsportal - Introduksjon Programmet installerast ved å lasta det ned frå www.telefrukt.no sine heimeside. Installasjon: Last ned programvaren frå Hardanger Fjordfrukt lagre / opne eller

Detaljer

Den kulturelle nistepakken

Den kulturelle nistepakken Den kulturelle nistepakken Revidert mai 2006 Sentrale føringar Hausten 2002 gjekk startskotet for Den kulturelle skulesekken (DKS) i. I samarbeid med fylkeskommunen var Kvinnherad ein av dei første kommunane

Detaljer

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt: Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Tenesteutvalet 26.10.2009 022/09 MGAK Kvam formannskap 27.10.2009 051/09 MGAK Kvam heradsstyre 10.11.2009 096/09 MGAK

Detaljer

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200803028-19 Arkivnr. 81 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Valnemnda Fylkestinget Møtedato 11.11.2009 18.11.2009-19.11.2009

Detaljer