Bladfall i kristtorn (Ilex aquifolium)

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Bladfall i kristtorn (Ilex aquifolium)"

Transkript

1 Vol.1 Nr Bladfall i kristtorn (Ilex aquifolium) Venche Talgø 1, Birgitte Henriksen 1, Anette Sundbye 1, Terje Pundsnes 2, Sonja Klemsdal 1 og Arne Stensvand 1 1 Bioforsk Plantehelse, 2 Norsk Pyntegrønt Forsøksring Kontaktperson: venche.talgo@bioforsk.no Innan vintergrøne lauvtre er kristtorn den klart største klyppegrøntkulturen. Mykje kristtorn vert i dag tatt ut frå villbestand, særleg i Rogaland. Kristtornproduksjonen i dette fylket har ein årleg førstehandsverdi på om lag 1,2 mill. Stort bladfall er vanlig i villbestand av kristtorn, men førekjem også i klyppegrøntfelt. Ofte vil ein sjå at berre siste års bladverk heng på buskane/trea. Bladfall (og til dels dryssing av bær) i perioden frå hausting til sal er også eit stort problem. Insektet kristtornminerfluge kan gjera stor skade på bladverket, men denne artikkelen presenterar også ei rad ulike soppar som er registrerte på skadd kristtorn her i landet. For å fastslå kor skadelege dei ulike soppane eventuelt er, gjenstår det mykje arbeide. Det er difor uråd å koma med spesifikke tiltak. Luftborne soppar (sporar som spreiar seg med vassprut og vind) er avhengige av fuktige periodar for at sporane skal kunna spira og infisera plantene. Det er ein del generelle kulturtekniske tiltak som kan setjast inn for å unngå at plantene står for lenge med fuktig bladverk etter nedbør, vatning og doggfall: Unngå at plantene står for tett. Plant med god avstand og tynn eventuelt ut i villbestand (ein del hannplanter og buskar/tre som ein veit aldri har gitt fin avling kan fjernast fyrst). Eventuell spreiarvatning i klyppegrøntfelt bør gjennomførast tidleg på dagen, slik at plantene ikkje vert ståande med vått bladverk om kvelden/natta. Fjern ugras for å betra luftsirkulasjon i feltet. Fjern greiner som er i kontakt med bakken (oppstamming aukar luftsirkulasjonen og reduserer faren for jordkontakt og evt. infeksjon av jordbuande soppar). Unngå planting i undersolte, skuggefulle område. Klypp bort og brenn helst opp sjuke plantedelar eller fjern heile buskar/tre dersom dei har store skadar (smittekjelde). Desinfiser saks eller anna reiskap mellom kvart tre for å unngå å dra med eventuell smitte (dypp saksa i til dømes 1 dl vanleg hushalds klorin blanda med 9 dl vatn). Kristtornminerfluge (Phytomyza ilicis) Minerfluger (Diptera: Agromyzidae) er ein familie med svært mange artar. Larvestadiet lagar miner (gangar) i blad, frø, stenglar eller ved på urteaktige planter eller tre. Larvene av kristtornminerfluge (Phytomyza ilicis) minerer i blad på vill og dyrka kristtorn (Ilex aquifolium). Kristtornminerfluge er vanleg over alt der det veks kristtorn. Bladminene er synlege på bladoversidene (Figur 1 og 2). Dei er først smale og trådliknande, men utover hausten vert dei blæreliknande og gule. Inni kvar bladmine kan ein finna ei minerflugelarve eller puppe. Larvene er gulaktig til kremfarga og opptil 3 mm lange. Dei overvinter i bladminene og utviklar seg til mørkebrune pupper om våren. Vaksne minerfluger gneg seg ut frå pupper i bladminer i mai - juni. Dei vaksne flugene er små (1,6 mm lange), svarte og lagar nærings- og eggleggingsstikk (lyse prikkar) på unge blad. Desse prikkane og minene gir stygt bladverk og øydelegg kvaliteten, men veksten vert sjeldan hemma. Truleg kan desse stikka gi inngangsport for ulike

2 soppar. Kristtornminerfluge har ein generasjon i året. Det er vanskelig å ta knekken på kristtornminerfluge, fordi egg og larve- og puppestadiet fins godt verna inni bladvevet. Dessutan har kristtornblad ei voksaktig og glatt overflate, slik at plantevernmiddel lett renn av. Kjemiske tiltak kan eventuelt utførast medan blada er unge og larvene er små (ca. 3 veker etter sverming av vaksne individ). Bruk i tilfelle eit middel som er systemiskeller djuptverkande. Det beste er å klyppa vekk og grava ned (kompostera) eller brenna blad med angrep, men det let seg ikkje gjera i villbestand. I nokre klyppegrøntfelt er det hengt opp fuglekassar for blåmeis og kjøttmeis. Desse to fugleartane har synt seg å vera effektive mot kristtornminerfluge (dei et larver og pupper). Figur 6 er mikroskopbilete av sporane (sporane er tilsett eit fargestoff for å verta lett synlege i mikroskop). Colletotrichum-arten som vart isolert frå kristtorn vart identifisert ved hjelp av PCR, ein DNA-basert identifiseringsmetode. Vidare vart isolatet inkludert i ein såkalla AFLP-test av C. acutatum isolat frå ulike vertplanter i Noreg. AFLP er ein metode som gjer det mogeleg å samanlikna DNA-fingeravtrykk av isolat som er i nær slekt. Denne testen synte at isolatet frå kristtorn ikkje skilde seg ut frå isolat frå til dømes jordbær og kirsebær. Figur 3. Sporulering av Colletotrichum acutatum på inkuberte kristornbær (Ilex aquifolium Kaptein Berggren ). Foto: V. Talgø Figur 1. Kristtornblad (Ilex aquifolium) med tydeleg skade etter larver av kristtornminerfluge (Phytomyza ilicis). Foto: V. Talgø Figur 4. Guloransje sporehopar av Colletotrichum acutatum på undersida av eit kristtornblad (Ilex aquifolium Kaptein Berggren ). Foto: V. Talgø Figur 2. Kristtornblad (Ilex aquifolium) med skjemmande mine etter ei larve av kristtornminerfluge (Phytomyza ilicis). Foto: V. Talgø Colletotrichum acutatum I tillegg til kristtorn er denne soppen funnen på mange ulike vertplanter i Noreg; jordbær, eple, pære, plomme, søt- og surkirsebær, hageblåbær, blankmispel, bulkemispel, bringebær, bjørnebær, høymole og stornesle. Det er denne soppen som fører til jordbærsvartflekk (karanteneskadegjerar) og bitterråte på kirsebær. Figur 3-5 syner korleis C. acutatum såg ut på ein inkubert (100 % luftfukt og romtemp. i fleire dagar) prøve av bær og blad frå kristtorn (Ilex aquifolium Kaptein Berggren ). Figur 5. Nærbilete av sporehopane på kristtornbladet i Figur 4. I ein slik sporehop er det tusenvis av sporar som kan spreiast til nye plantedelar ved hjelp av vassprut og vind når regndråpar treff sporehopane. Foto: V. Talgø Vol.1 Nr

3 Figur 6. Sporar av Colletotrichum acutatum frå kristtorn (Ilex aquifolium Kaptein Berggren ). Foto: V. Talgø Trochila ilicina og Phacidiostroma multivalve Sporehusa (apothecia) til T. ilicina vert om lag 1 mm i diameter og er difor synlege utan lupe. På infiserte blad ligg dei tett i tett på bladoversida (Figur 7). Ofte ser ein dette på blad som ligg på bakken, men nokre gonger finn ein misfarga blad med slike symptom som enno heng fast på kvistene. Sporehusa opnar seg nærast som eit lokk for å frigjera sporane (Figur 8). Nær basis av bladet i Figur 7 er det også læraktige sporehus av soppen P. multivalve. Sporehusa (apothecia) er større enn sporehusa frå T. ilicina. Begge soppane er omtala i litteraturen som vanlege på daude blad på bakken. Figur 8. Mikroskopbilete av sporehus og sporesekkar (blå) av Trochila ilicina. Sporehusa opnar seg med eit lokk. Det ligg to slike lokk nedst i biletet. Foto: V. Talgø Fusarium avenaceum Fusarium er ein jordbuande sopp som kan smitte over på planter. Bladfallet på kristtorn er ofte mest omfattande nedst på buskane/trea. Det er svært vanleg å finna F. avenaceum i samband med slikt bladfall. Ved uttak av prøvar i eit kristtornfelt i Rogaland, vart F. avenaceum også funnen på gras som voks rundt kristtornen og opp mellom greinene. Truleg spreier soppen seg frå jorda til kristtorn via undervegetasjonen. I undersøkte kvister synte det seg at soppen må ha kome inn i kvistene via bladfeste, og altså ikkje via leiingsvevet frå røtene. Kristtorn har svært kvasse blad, slik at naboblad ofte punkterer (sårar) kvarandre når det er sterk vind. Dette kan gi inngangsport for Fusarium og andre soppar. Ved å fjerna dei nedste greinene som har kontakt med bakken og i tillegg halda undervegetasjonen nede ved til dømes beiting, kan kanskje problemet reduserast. I litteraturen er ikkje Fusarium omtala som noko problem i kristtorn. Figur 9-11 illustrerar det vi meinar er skade på grunn av Fusarium, og Figur 12 syner korleis veksten av F. avenaceum ser ut på kunstig vekstmedium (agar). Figur 7. Oversida av eit kristtornblad (Ilex aquifolium) som er dekka med sporehus (apothecium) av soppen Trochila ilicina. Mot basis av bladet er det i tillegg nokre større, svarte flekkar. Desse flekkane er sporehus (apothecium) av soppen Phacidiostroma multivalve. Foto: V. Talgø Figur 9. Kristtorn (Ilex aquifolium) i villbestand i Rogaland (juni 2005). Her er mykje av bløminga på bar kvist. Bladmangelen er typisk for buskar/tre der det vert funne Fusarium avenaceum. Foto: V. Talgø Vol.1 Nr

4 same kvistene. Figur 16 syner eit sporehus (pyknide) av Phomopsis sp. på kristtorn, og Figur 17 mikroskopbilete av sporane (kunstig farga). I litteraturen står det at D. ilicis fins på daude kvister av Ilex aquifolium, men ikkje om det er denne soppen som er grunnen til at kvistene daudar. Phomopsis spp. generelt, er assosierte med kreftsår og tilbakedauding av tynne greiner. Figur 10. Prøve av kristtorn (Ilex aquifolium). Blada vart mørke frå basis og ramla av kvistene då dei låg varmt og fuktig nokre dagar (inkubering). Ved isolering i overgangen frå grønt til brunt vev, voks det opp Fusarium avenaceum. Foto: V. Talgø Figur 13. Sporehus av Diaporthe ilicis på daud kvist av kristtorn (Ilex aquifolium) frå eit villbestand I Rogaland. Rundt sporehusa er det grøne flekkar som er avgrensa av ei mørk sone (band). Foto: V. Talgø Figur 11. For å få fram vekst av eventuell Phytophthora (sjå teksten) kan ein leggja plantematerialet i vatn. I dette tilfellet vart det berre kraftig hyfevekst av Fusarium avenaceum i alle bladfesta på kvisten. Foto: V. Talgø Figur 14. Sporehus (peritecium) av Diaporthe ilicis sprengjer seg gjennom overhuda (epidermis) på ei infisert kristtornkvist (Ilex aquifolium). Foto: V. Talgø Figur 12. Bitar av kristtornblad (Ilex aquifolium) er her lagt på kunstig vekstmedium (agar) og som biletet syner, er det vekst av Fusarium avenaceum (raude sopptrådar/hyfer) frå alle bitane. Foto: E. Fløistad Diaporthe ilicis og Phomopsis sp. På kvister der ein finn D. ilicis er det karakteristiske, grønlege flekkar med ei mørk rand rundt (Figur 13). Inni desse flekkane stikk det fram grupper med sporehus (perithecium) som er smale og relativt lange (Figur 13 og 14). Kvart sporehus inneheld mange sporesekkar som kvar har 8 sporar (Figur 15). Dette er det såkalla kjønna stadiet av soppen (askosporar). Det ukjønna stadiet (konidiesporar) høyrer til slekta Phomopsis. Både kjønna og ukjønna stadium er ofte å finna på dei Figur 15. Sporar av Diaporthe ilicis. Foto: V. Talgø Vol.1 Nr

5 Figur 16. Sporehus (pyknide) av Phomopsis sp. som har sprengt seg gjennom epidermis på ei kristtornkvist. I tuppen av sporehuset kjem det ut sporar som heng saman i ein klebrig, skinande masse. Foto: V. Talgø Figur 17. Sporar av Phomopsis sp. frå kristtorn (Ilex aquifolium). Phomopsis har to ulike sporetypar; ei tynn, lang, stavforma spore og ei stuttare med tydeleg flekk (guttulate) i kvar ende. Foto: V. Talgø Figur 19. Sporar av Vialaea insculpta har ei karakteristisk innsnevring på midten. Foto: V. Talgø Nectria sp. Denne soppen er funnen på daude kvister og i kreftsår på kristtorn her i landet. Figur 20 syner eit bilete som vart tatt i Nectria har to ulike sporetypar (askosporar og konidiesporar). Askosporane vert danna i mørkeraude sporehus (perithecium). Perithecia ligg som regel fleire saman i klumpar (Figur 20 og 21). Konidiesporane (ukjønna stadium) vert danna i bleikraude, vorteliknande puter (sporodochium). Figur 22 syner tverrsnitt av perithecium og askosporar (kunstig farga). Det er rapportert om tre ulike Nectria spp. på kristtorn. Truleg er det arten Nectria punicea var. ilicis vi har funne her i landet. Vialaea insculpta Sporehusa (perithecium) er grønaktige i starten, men dei vert nærast svarte etter kvart som dei mognar. Dei er litt hårete og stikk litt opp frå plantevevet. Det er typisk at det vert eit lysare felt (halo) rundt sporehusa. I litteraturen vert soppen omtala som vanlege på kvister, men her i landet er funna gjorde på blad (Figur 18). Figur 19 syner sporane (kunstig farga). Denne soppen er funnen på mange prøvar av blad som fell av etter hausting. Figur 20. Nectria sp. på kristtorn (Ilex aquifolium). Nov Foto: R. Langnes Figur 18. Sporehus (perithecia) av Vialaea insculpta på bladstilk og bladbasis av eit kristtornblad (Ilex aquifolium). Foto: V. Talgø Figur 21. Askosporane av Nectria sp. tyt ut frå sporehusa i karakteristiske, lyse trådar. Kvar tråd inneheld tusenvis av sporar. Foto: V. Talgø Vol.1 Nr

6 Figur 22. Tverrsnitt av sporehus frå Nectria sp. med innfelt nærbilete av nokre sporar. Foto: V. Talgø Phytophthora sp. Phytophthora ilicis gjer stor skade på kristtorn I USA (Figur 23). Denne luftborne Phytophthoraarten fører til bladfall. Det vert danna svarte flekkar/felt på blada før dei gulnar og fell av. Her i landet trudde vi at den skaden som er å finna der det er mykje Fusarium avenaceum, skuldast Phytophthora. Det vart gjort utallige forsøk på å isolera Phytophthora, men alle prøvane var negative. Berre ein gong vart det funne sporar som såg ut som kvilesporar av Phytophthora på ein prøve (Figur 24), men det vart ikkje vekst ved forsøk på å isolera. Andre soppar og skadar som er registrerte på kristtorn Utanom dei soppane som er omtala i teksten, har vi funne mjøldogg, gråskimmel (Botrytis cinerea), Phoma sp., Penicillium sp., Cladosporium sp., Gliocladium sp. og Alternaria sp. på kristtorn. Bortsett frå mjøldogg, er truleg alle desse soppane svake eller sekundære parasittar. Generelt er ulike slekter og artar av mjøldogg dei soppane som gjer størst skade på ulike vertplanter i grøntanlegg. Dei er svært artsspesifikke. Det vil seia at ein mjøldoggart som går på ei vertplante sjeldan går på andre vertplanter. Så langt er det ikkje noko som tydar på at mjøldogg er ein vanleg skadegjerar i kristtorn her i landet. Vi har berre fått tilsendt ein prøve frå eit klyppegrøntfelt i Vestfold i 2004, men soppen vart ikkje identifisert til slekt og art. Det er kjent at den globalt utbreidde mjøldoggarten Phyllactinia guttata, som går på ei rad treaktige vertplanter, av og til kan gå på kristtorn. I klyppegrøntfelt er det observert gulning av dei eldste blada på kristtorn. Truleg er dette magnesium (Mg)- eller kalium (K)- mangel. Ved ekstrem avfarging fell blada av. Fagredaktør denne utgaven: Direktør Leif Sundheim, Bioforsk Plantehelse Ansvarlig redaktør: Forskningsdirektør Nils Vagstad, Bioforsk ISBN ISBN Figur 23. Bladfall på kristtorn (Ilex aquifolium) på grunn av Phytophthora ilicis. Oregon, USA, Foto: V. Talgø Bioforsk: Trygg matproduksjon, rent miljø og økt verdiskapning basert på langsiktig ressursforvaltning Lokalisert over hele Norge Organisert i sju sentra 500 medarbeidere Omsetning 320 mill. kr Figur 24. Dette er truleg kvilesporar (runde) av Phytophthora som vart funne på kristtorn (Ilex aquifolium) frå Rogaland i Foto: R. Langnes Bioforsk, Fr. A. Dahlsvei 20, 1432 ÅS Tlf Faks post@bioforsk.no Vol.1 Nr

TEMA Nr. 2 - Februar 2009

TEMA Nr. 2 - Februar 2009 TEMA Nr. 2 - Februar 2009 Store skadar på poppel Venche Talgø, Arild Sletten, Halvor B. Gjærum og Arne Stensvand, Bioforsk Plantehelse Inger Hilmersen, Norsk Gartnerforbund E-post: venche.talgo@bioforsk.no

Detaljer

Tørrflekksjuke forårsaket av sopper?

Tørrflekksjuke forårsaket av sopper? 326 R. Nærstad & A. Hermansen / Grønn kunnskap 8 (2) Tørrflekksjuke forårsaket av sopper? Ragnhild Nærstad / ragnhild.naerstad@planteforsk.no Arne Hermansen / arne.hermansen@planteforsk.no Planteforsk

Detaljer

Plommedyrking og plantehelse i plomme. Gaute Myren

Plommedyrking og plantehelse i plomme. Gaute Myren Plommedyrking og plantehelse i plomme Gaute Myren Lier 2006-12 Mars Mai Juli Oktober 26.10.2012 Gaute Myren 2 Klima i 2012 Oversikt over temperatur og nedbør 1.mai til 1.september i ulike fruktdistrikt.

Detaljer

TEMA Nr. 6 - April 2011

TEMA Nr. 6 - April 2011 TEMA Nr. 6 - April 2011 Phytophthora ramorum angrip skogen på vestkysten av England Venche Talgø, Bioforsk Plantehelse venche.talgo@bioforsk.no I 2009 vart det oppdaga at Phytophthora ramorum er årsak

Detaljer

Sjukdomsorganismer på viltvoksende eik og på eik i grøntanlegg

Sjukdomsorganismer på viltvoksende eik og på eik i grøntanlegg Sjukdomsorganismer på viltvoksende eik og på eik i grøntanlegg Figur 1: Visnesymptomer i krona på søyleeik (venstre og midten) og sommereik (høyre) i grøntanlegg i Oslo, juni 2013. Foto: V. Talgø Arter

Detaljer

Er soppsjukdomar nokon trussel for juletreproduksjonen av edelgran?

Er soppsjukdomar nokon trussel for juletreproduksjonen av edelgran? 93 Er soppsjukdomar nokon trussel for juletreproduksjonen av edelgran? Venche Talgø, Arne Stensvand / venche.talgo@planteforsk.no Planteforsk Plantevernet Innleiing På landsbasis kjem berre 50-60 % av

Detaljer

Lagersjukdomar i eple og pære. Arne Stensvand og Jorunn Børve Bioforsk Plantehelse

Lagersjukdomar i eple og pære. Arne Stensvand og Jorunn Børve Bioforsk Plantehelse Lagersjukdomar i eple og pære Arne Stensvand og Jorunn Børve Bioforsk Plantehelse Epleskurv (Venturia inaequalis) Skurvflekkar på blad og frukter Greinskurv Skurvflekkar på blad viktig smitte for frukter

Detaljer

TEMA Nr. 1 - Januar 2012

TEMA Nr. 1 - Januar 2012 TEMA Nr. 1 - Januar 2012 Alvorleg sjukdom funnen på bøk Venche Talgø, Maria Luz Herrero, May Bente Brurberg og Arne Stensvand, Bioforsk Plantehelse venche.talgo@bioforsk.no I Bergen, Haugesund, Stavanger

Detaljer

Korleis kan vi løysa problemet med lêrròte i jordbær?

Korleis kan vi løysa problemet med lêrròte i jordbær? Korleis kan vi løysa problemet med lêrròte i jordbær? Arne Stensvand, Håvard Eikemo og Andrew Dobson, Bioforsk Plantehelse John-Erik Haugen og Frank Lundby, Nofima Divisjon Mat Trong for jordbær til norsk

Detaljer

Jordbærsvartflekk nye erfaringer med sjukdommens opptreden i Norge

Jordbærsvartflekk nye erfaringer med sjukdommens opptreden i Norge 132 A. Sletten et al.. / Grønn kunnskap 9 (4) Jordbærsvartflekk nye erfaringer med sjukdommens opptreden i Norge Arild Sletten, Venche Talgø, Bodil Andreassen, Arne Stensvand / arild.sletten@planteforsk.no

Detaljer

Sjukdomar i grøntanlegg Trendar og nye utfordringar

Sjukdomar i grøntanlegg Trendar og nye utfordringar Sjukdomar i grøntanlegg Trendar og nye utfordringar Venche Talgø (Brita Toppe) GRØN GALLA 2009 Trendar Nye sjukdomar dukkar stadig opp eks. Phytophthora plurivora Vårt relativt kjølege klima ser ikkje

Detaljer

Vortemjølkrust i norske julestjerner i 2006

Vortemjølkrust i norske julestjerner i 2006 Bioforsk Rapport Vol. 2 Nr. 5 2007 Vortemjølkrust i norske julestjerner i 2006 Kartlegging og innleiande undersøkingar Brita Toppe, Venche Talgø, Maria L. Herrero, Halvor B. Gjærum og Arne Stensvand Bioforsk

Detaljer

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar, Konglesanking Trea i skogen formeirer seg ved å spreie frøa sine med vinden utover skogbotnen. Dei fleste landar «på steingrunn» og berre ein svært liten del av frøa veks opp til eit nytt tre. For å sikre

Detaljer

Konsekvensar for plantehelse ved opnare import. Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse

Konsekvensar for plantehelse ved opnare import. Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse Konsekvensar for plantehelse ved opnare import Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse Årsaka til at importforbod vart innført på kjernefrukt og jordbærplanter (og nokre nære slektningar i rosefamilien) er

Detaljer

Ultrafiolett lys mot mjøldogg og andre soppsjukdomar

Ultrafiolett lys mot mjøldogg og andre soppsjukdomar Ultrafiolett lys mot mjøldogg og andre soppsjukdomar Arne Stensvand (/NMBU), Aruppillai Suthaparan (NMBU) og David Gadoury (Cornell University) Foto: E. Fløistad 1 Jordbær i høge plasttunnelar: mindre

Detaljer

Rødråte et problem i 2009

Rødråte et problem i 2009 Rødråte et problem i 2009 Arne Hermansen, Maria-Luz Herrero, Elisa Gauslå og Ragnhild Nærstad Bioforsk Plantehelse Bioforsk-konferansen 2010 Innhold Symptomer Er rødråte noe nytt? Hvilke organsimer kan

Detaljer

Alternative effektive metoder mot mjøldogg i jordbær

Alternative effektive metoder mot mjøldogg i jordbær Alternative effektive metoder mot mjøldogg i jordbær Arne Stensvand, Belachew Asalf (), Aruppillai Suthaparan (NMBU), David Gadoury (Cornell University), Natalia Peres (University of Florida 18.03.2016

Detaljer

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING Tingvoll, 29. april 2016 Møre og Romsdal fylke RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING Naturvernforbundet har blitt merksame på at det

Detaljer

Vårmøte 24.mars 2011

Vårmøte 24.mars 2011 Vårmøte 24.mars 2011 Kl 15-17 Agenda: Medlemstilbudet i NLR Viken SM Endringer i plantevernmiddel SM Eplesortprosjektet Rognebærmøll 2011 Plantevern i eple/plomme Dag-Ragnar Blystad, Bioforsk Plantehelse.

Detaljer

Gjødselvatning. pr daa:

Gjødselvatning. pr daa: 1 Gjødselvatning i økologisk eple Frukt Gjødsling Supplering i form av gjødselvatning er mogeleg å bruke i økologisk dyrking, om opphavet til gjødsla er organisk. Gjødselmidlet må være godkjent etter gjødselvareforskrifta.

Detaljer

Bildesamling. Nyttedyr, skadedyr og sjukdomar i frukthagen. Dag Røen, Olav Sørum og Jorunn Børve. Njøs næringsutvikling AS - Rapport No.

Bildesamling. Nyttedyr, skadedyr og sjukdomar i frukthagen. Dag Røen, Olav Sørum og Jorunn Børve. Njøs næringsutvikling AS - Rapport No. Bildesamling Nyttedyr, skadedyr og sjukdomar i frukthagen Dag Røen, Olav Sørum og Jorunn Børve Njøs næringsutvikling AS - Rapport No. 4 Innhald Forord 3 Vidare lesnad 3 Nyttedyr i frukthagen 4 Skadedyr

Detaljer

Sjukdommer i erter og oljevekster (og åkerbønne) spredning og bekjempelse. Unni Abrahamsen og Guro Brodal Bioforsk

Sjukdommer i erter og oljevekster (og åkerbønne) spredning og bekjempelse. Unni Abrahamsen og Guro Brodal Bioforsk Sjukdommer i erter og oljevekster (og åkerbønne) spredning og bekjempelse Unni Abrahamsen og Guro Brodal Bioforsk Proteinmøte 2. desember 2008 Sjukdommer i ert (Ertevisnesjuke (Aphanomyces euteiches),

Detaljer

Vestskog og snutebiller. Skogsamling Rogaland

Vestskog og snutebiller. Skogsamling Rogaland Vestskog og snutebiller Skogsamling Rogaland 27.02.2018 Agenda Vestskog sitt arbeid med skogkultur status Mål for vårt arbeid med skogkultur Snutebiller kva planlegg me av undersøkingar? Planting etter

Detaljer

Klima i plasttunnelar ved økologisk dyrking av bringebær

Klima i plasttunnelar ved økologisk dyrking av bringebær Klima i plasttunnelar ved økologisk dyrking av bringebær Prosjekt: New methods for organic raspberry production in polyethylene tunnels Aksel Døving Bioforsk Økologisk 6630 Tingvoll Fagdag bringebær Vik

Detaljer

Kartlegging av Neonectria

Kartlegging av Neonectria Kartlegging av Neonectria på edelgran på vestkysten av USA Neonectria neomacrospora gjer stor skade på edelgran (Abies spp.) i Skandinavia. Dette gjeld ikkje minst fjelledelgran (A. lasiocarpa), ein art

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

Strategiar mot skurv i økologisk epledyrking. Arne Stensvand

Strategiar mot skurv i økologisk epledyrking. Arne Stensvand Strategiar mot skurv i økologisk epledyrking Arne Stensvand Livssyklus til epleskurv-soppen (Venturia inaequalis) Overvintrar i gamle blad på bakken eller som greinskurv Askosporar spreidde over lange

Detaljer

Gartnerhallen. Modningsgrad ved hausting av Edda. Bilete 1: Umogen plomme med synleg grønleg grunnfarge. Skal ikkje haustast.

Gartnerhallen. Modningsgrad ved hausting av Edda. Bilete 1: Umogen plomme med synleg grønleg grunnfarge. Skal ikkje haustast. Modningsgrad ved hausting av Edda Umogen plomme med synleg grønleg grunnfarge. Skal ikkje haustast. Lite mogen plomme med raudfiolett dekkfarge over 2/3-deler av overflata. Fastleiken er 70-80 målt med

Detaljer

Gråskimmel i jordbær

Gråskimmel i jordbær Gråskimmel i jordbær Kva har vi lært av tidlegare forsking og forsøk; og kva har vi gløymt? Arne Stensvand, Gunn Mari Strømeng og Håvard Eikemo, Bioforsk Linda Hjeljord og Arne Tronsmo, UMB Livssyklus

Detaljer

Frøoverførte soppar på gran

Frøoverførte soppar på gran VOL 3 - NR. 21 - AUGUST 2017 Frøoverførte soppar på gran Fleire soppar kan angripa kongler av gran (Picea spp.) og føra til dårleg spiring av frø. Frøsmitte kan også overførast til planter og gjera skade

Detaljer

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING Tingvoll, 16. mai 2012 Tingvoll kommune NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING Naturvernforbundet i Tingvoll blei tilfeldig klar over for ei tid sidan at det 24.10.2008

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

Registrering av Phytophthora i anleggsområdet til E18 ved Larvik

Registrering av Phytophthora i anleggsområdet til E18 ved Larvik Bioforsk Rapport Vol. 7 Nr. 120 (oppdatert versjon) Registrering av Phytophthora i anleggsområdet til E18 ved Larvik Venche Talgø, Kari Telfer, Maria L. Herrero og May Bente Brurberg Bioforsk Plantehelse

Detaljer

INFORMASJONSBREV FRÅ MATTILSYNET - FLYTTING AV JORD

INFORMASJONSBREV FRÅ MATTILSYNET - FLYTTING AV JORD Ugradert - Til kommunane i Rogaland, Aust-Agder og Vest-Agder Deres ref: Vår ref: 2012/267983 Dato: 14.12.2012 Org.nr: 985 399 077 INFORMASJONSBREV FRÅ MATTILSYNET - FLYTTING AV JORD For tida er det stor

Detaljer

SKADE PÅ BØK I VÅLANDSPARKEN I STAVANGER

SKADE PÅ BØK I VÅLANDSPARKEN I STAVANGER NIBIO OPPDRAGSRAPPORT VOL.: [1] nr.: 3, 2015 SKADE PÅ BØK I VÅLANDSPARKEN I STAVANGER Phytophthora rotråte Forfattere Venche Talgø og May Bente Brurberg [Divisjon Plantehelse] FORORD Vi har det siste tiåret

Detaljer

Skogsmeitemark (Lumbricus rubellus) Grå meitemark (Aporrectodea caliginosa) 2,5 cm. Stor meitemark (Lumbricus terrestris)

Skogsmeitemark (Lumbricus rubellus) Grå meitemark (Aporrectodea caliginosa) 2,5 cm. Stor meitemark (Lumbricus terrestris) B I O F O R S K EMA Vol.2 Nr.4 2007 Rosa meitemark Hode Belte Skogsmeitemark (Lumbricus rubellus) Grå meitemark (Aporrectodea caliginosa) (Aporrectodea rosea) 2,5 cm Stor meitemark (Lumbricus terrestris)

Detaljer

Reduserte dosar av soppmiddel mot gråskimmel i jordbær

Reduserte dosar av soppmiddel mot gråskimmel i jordbær 557 Reduserte dosar av soppmiddel mot gråskimmel i jordbær Arne Stensvand 1), Gunn Mari Strømeng 1), Nils Eldar Linge 2), Jan Karstein Henriksen 3) / arne.stensvand@planteforsk.no 1) Planteforsk Plantevernet,

Detaljer

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet. - 1 -

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet. - 1 - Taubruer Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet. - 1 - Forord Dette kompendiet vart skrive då Friluftsrådet for Ålesund og omland vart

Detaljer

Næringsforsyning til rett tid i økologiske eple. Eivind Vangdal, NIBIO Frukt og Grønt Ullensvang

Næringsforsyning til rett tid i økologiske eple. Eivind Vangdal, NIBIO Frukt og Grønt Ullensvang Næringsforsyning til rett tid i økologiske eple Eivind Vangdal, NIBIO Frukt og Grønt Ullensvang Grunnlaget for god næringsforsyning i økologisk fruktdyrking God status ved planting Ta omsyn til kva jorda

Detaljer

Gropflekk - hvorfor i 2006?

Gropflekk - hvorfor i 2006? Gropflekk - hvorfor i 2006? Arne Hermansen Bioforsk Plantehelse Hedmark forsøksring 19.01.07 Gropflekk (Pythium spp.) Disposisjon Hvilke Pythium- arter skyldes gropflekk? Litt om biologien til gropflekk-soppene

Detaljer

Bladminerfluer i vårkorn

Bladminerfluer i vårkorn Bladminerfluer i vårkorn Tekst: Siv Nilsen Gilde, NLR Sør-Trøndelag Kilder: www.bioforsk.no (plantevernleksikonet). Håndbøker i plantevern (Felleskjøpet og Norgesfor). Etikettene til de ulike midlene.

Detaljer

Generelt om beising i potet og virkningen på ulike sjukdommer. Ragnhild Nærstad Bioforsk Plantehelse

Generelt om beising i potet og virkningen på ulike sjukdommer. Ragnhild Nærstad Bioforsk Plantehelse Generelt om beising i potet og virkningen på ulike sjukdommer Ragnhild Nærstad Bioforsk Plantehelse Svartskurv forårsakes av Rhizoctonia solani (Thanatephorus cucumeris) Knollsmitte og jordsmitte skader

Detaljer

Vårmøte frukt. Gaute Myren

Vårmøte frukt. Gaute Myren Vårmøte frukt Gaute Myren 20.03.2013 Gaute Myren 2 Klima i 2012 Oversikt over temperatur og nedbør 1.mai til 1.september i ulike fruktdistrikt. Kjelde VIPS. STAD SNITT-TEMP PR DAG 2012 NEDBØR 2012 % nedbørsforskjell

Detaljer

Kurs i forsøksmetodikk Grovfôr Kvithamar

Kurs i forsøksmetodikk Grovfôr Kvithamar Kurs i forsøksmetodikk Grovfôr Kvithamar 4.6.2009 Særskilde tilhøve ved anlegg og stell av forsøksfelt i fôrvekstar Gjennomgang retningslinjer Nemne enkelte tema Bestemming av utvikling, uttak av prøver

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Klepp kommune Tu skule

Klepp kommune Tu skule Veke Tema Kompetansemål Læringsmål: Eg skal kunne 34 Familien om variasjonar i Eg skal veta om ulike typar familieformer og om familiar. relasjonar og oppgåver i 35 familien. 36 37 38 39 40 Haust Bruk

Detaljer

VOLLASETRA UTTAK AV TORV

VOLLASETRA UTTAK AV TORV Side 1 Tingvoll, 02. oktober 2015 Verneområdestyret for Trollheimen VOLLASETRA UTTAK AV TORV I samband med siste slåtteøkta var Naturvernforbundet ved Øystein Folden på Vollasetra den 24.9.2015. Då registrerte

Detaljer

Spesialmiddel mot midd

Spesialmiddel mot midd Spesialmiddel mot midd Nytt middel - ny virkemekanisme Med Envidor har vi fått et middel med helt ny virkemekanisme til bekjempelse av midd i frukt, bær og prydvekster. Bred og langvarig virkning mot midd

Detaljer

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS. MÅNADSBREV FOR MARS. Frøet Eg ligger bare her og gror og drikker vatn og spiser jord. Her er så varmt og mørkt og vått. Her er så fredelig og godt. I natt kom regnet lett på tå og banka ganske sakte på.

Detaljer

TEMA Nr. 20 - oktober 2010

TEMA Nr. 20 - oktober 2010 TEMA Nr. 20 - oktober 2010 Bøk (Fagus sylvatica) og lønn (Acer platanoides) i denne bynære lauvskogen i Stavanger er smitta av Phytophthora plurivora. Truleg har smitten kome frå infiserte hageplanter

Detaljer

Skadegjørere i økologisk korndyrking. Silja Valand landbruksrådgiver NLR Østafjells silja.valand@nlr.no

Skadegjørere i økologisk korndyrking. Silja Valand landbruksrådgiver NLR Østafjells silja.valand@nlr.no Skadegjørere i økologisk korndyrking Silja Valand landbruksrådgiver NLR Østafjells silja.valand@nlr.no Skadedyr Fritflue Bladminerflue Havrebladlus Kornbladlus Nematoder Trips, snegler, kornbladbille Sykdommer

Detaljer

Nr. 14 - November 2012. Tiltak mot skadegjerarar i økologisk bærdyrking: Bringebær.

Nr. 14 - November 2012. Tiltak mot skadegjerarar i økologisk bærdyrking: Bringebær. TEMA Nr. 14 - November 2012 Tiltak mot skadegjerarar i økologisk bærdyrking: Bringebær. Arfinn Nes, Bioforsk Øst og Torbjørn Takle, Fylkesgartnar i Sogn og Fjordane. E-post: arnfinn.nes@bioforsk.no Kampen

Detaljer

Norsk økologisk frukt til forbrukar og andre økofruktprosjekt

Norsk økologisk frukt til forbrukar og andre økofruktprosjekt Norsk økologisk frukt til forbrukar og andre økofruktprosjekt Eivind Vangdal Bioforsk Ullensvang Presentasjon og litt resultat frå prosjektet m/ delprosjekta: Utfordringar i økologisk fruktdyrking Informasjon

Detaljer

Ulsteinvik Bibelen

Ulsteinvik Bibelen Ulsteinvik 02.09.2016 Bibelen 2Tim 3:14-17 14 Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei heilage skriftene, som

Detaljer

Alt det lyse og alt det mørke

Alt det lyse og alt det mørke Brynjulf Jung Tjønn Alt det lyse og alt det mørke roman Til Helle, Olav, Ingeborg og Marie Fars fingrar kunne likne krokete greiner, og dei klumpete blodårene på oversida av handa likna snirklete røter.

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016 // Notat 2 // 2017 687 000 tapte årsverk i 2016 NAV August 2017 EIER Arbeids- og velferdsdirektoratet Postboks 5, St. Olavs plass 0130 Oslo BESTILLING OG ABONNEMENT Vår e-post adresse er: arbeid.og.velferd@nav.no

Detaljer

Ugrasharving i korn Sluttrapport for prosjektperioden 2011 av Ane Harestad og Arne Vagle, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland

Ugrasharving i korn Sluttrapport for prosjektperioden 2011 av Ane Harestad og Arne Vagle, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland Kornplanter rett etter ugrasharving, Klepp 3. mai 2011 Ugrasharving i korn Sluttrapport for prosjektperioden 2011 av Ane Harestad og Arne Vagle, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland Side 1 av 5 Innhald Innhald...

Detaljer

Basilikum (Ocimum basilicum L.), prøvedyrking på friland 2001-2005

Basilikum (Ocimum basilicum L.), prøvedyrking på friland 2001-2005 Vol.1 Nr. 26. 2006 www.bioforsk.no Figur 1. Sort : `Sweet Salad`. Foto: G. Børtnes Basilikum (Ocimum basilicum L.), prøvedyrking på friland 2001-2005 Gunhild Børtnes og Ruth Mordal, Bioforsk Øst Kise E-post:gunhild.bortnes@bioforsk.no

Detaljer

Sansehage Kleppheimen

Sansehage Kleppheimen 2012 Sansehage Kleppheimen Anne Reidun Garpestad Ressurskommune universell utforming Klepp og Time 01.06.2012 Sansehagen ved Kleppheimen Sansehagen vart opna vår 2012. Det er eit gammalt utområde ved Kleppheimen

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring. Vurdering av Hedalen mølle I Sør Aurdal Tilstand og forslag til utbedring. Rapporten er utarbeida av bygningsvernrådgjevar ved Valdresmusea Odd Arne Rudi 1 Bakgrunn Det er stiftinga Bautahaugen Samlingar

Detaljer

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE. TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE. Elevane sin rett til eit godt fysisk og psykososialt læringsmiljø er blitt styrka og konsekvensar for dei som bryt reglane er blitt skjerpa i Opplæringslova. Også krava

Detaljer

FRISKSALAT. Feltforsøk med utprøving av Perlka og Contans. Håvard Eikemo, NIBIO. Håvard Eikemo Prosjektmøte FriskSalat

FRISKSALAT. Feltforsøk med utprøving av Perlka og Contans. Håvard Eikemo, NIBIO. Håvard Eikemo Prosjektmøte FriskSalat FRISKSALAT Feltforsøk med utprøving av Perlka og Contans Håvard Eikemo, NIBIO FELTFORSØK - ROGALAND Teste effekt av to biologiske preparat i storskala * feltforsøk Effekt over lengre tid (skulle vore starta

Detaljer

1.2 Sjukdomar i frukt og kontroll av desse

1.2 Sjukdomar i frukt og kontroll av desse 22 1.2 Sjukdomar i frukt og kontroll av desse 1.2.1 Innleiing Generelt om sjukdomar i eple, pære, plomme og søtkirsebær Sjukdomar kan gjera stor skade på avlinga av frukt, både direkte ved at dei øydelegg

Detaljer

Svartskurv i potet; symptomer og skade

Svartskurv i potet; symptomer og skade A. Hermansen / Grønn kunnskap 9 (2) 407 Svartskurv i potet; symptomer og skade Arne Hermansen / arne.hermansen@planteforsk.no Planteforsk Plantevernet Sammendrag Svartskurv er en vanlig sjukdom i potet.

Detaljer

Haustetilrådingar per 5. sep (etter prøveuttaking 4. sep.)

Haustetilrådingar per 5. sep (etter prøveuttaking 4. sep.) Haustetilrådingar per 5. sep. 2017 (etter prøveuttaking 4. sep.) NLR Vest avd. Njøs starta 28.aug. opp med uttak av prøvar for vurdering av haustetid for sesongen. Me nyttar oss i stor grad av same hagane

Detaljer

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim DETTE LURER VI PÅ I år begynte vi nysgjerrigper-prosjektet heilt utan å vita kva vi ville forske på. Vi begynte med og gå rundt i skulegarden og i klasserommet

Detaljer

FOKUS. Plantevern i frukt Integrert bekjempelse. Gunnhild Jaastad, Jorunn Børve. www.bioforsk.no. Bioforsk I Vol. 4 I Nr. 3 I 2009

FOKUS. Plantevern i frukt Integrert bekjempelse. Gunnhild Jaastad, Jorunn Børve. www.bioforsk.no. Bioforsk I Vol. 4 I Nr. 3 I 2009 www.bioforsk.no FOKUS Bioforsk I Vol. 4 I Nr. 3 I 2009 Plantevern i frukt Integrert bekjempelse Gunnhild Jaastad, Jorunn Børve Plantevern i frukt Integrert bekjempelse Gunnhild Jaastad Jorunn Børve Bioforsk

Detaljer

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei Mosby 17.01.2017 2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei heilage skriftene, som kan gjera deg

Detaljer

Søknad om auke i fellingsløyver på hjort jakta 2017 Lærdal bestandsplanområde for hjort

Søknad om auke i fellingsløyver på hjort jakta 2017 Lærdal bestandsplanområde for hjort Søknad om auke i fellingsløyver på hjort jakta 2017 Lærdal bestandsplanområde for hjort Lærdal bestandsplanområde for hjort sitt årsmøte gjorde 10. mai samrøystes vedtak om å auka tal fellingsløyver på

Detaljer

Rapport Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras

Rapport Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras Rapport 2014 Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras Ragnvald Gramstad NLR Rogaland Håkon Pedersen Haugaland LR Desember 2014 Innhald Innhald... 1 Samarbeidspartar... 2 Samandrag... 2

Detaljer

År Tal born 102 millionar 69 millionar 59 millionar 59 millionar

År Tal born 102 millionar 69 millionar 59 millionar 59 millionar Reale nøtter oppgåver Oppgåve 1: Levealder Forventa levealder er eit mål som ofte blir brukt for å seie noko om kor godt ein har det i eit land. I rike land lever ein lenger enn i fattige land. Grunnane

Detaljer

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning Faktaark Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning Årgang 3 * nr. 3 * Desember 2005 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB) Tynningsfiske i vatn i Ullensvang statsallmenning

Detaljer

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på Å læra mange ulike måtar å måla bilete på Å måle eit bilete med tre fjør Eg ville læra å lage trykk med den gamle klesrulla i Lars og Peter sin garasje, Det heile gjekk veldig bra, avtrykket viste tre

Detaljer

Undersøkelse av forekomst av karanteneskadegjøreren Monilinia fructicola i importert frukt og norsk fruktproduksjon 2012

Undersøkelse av forekomst av karanteneskadegjøreren Monilinia fructicola i importert frukt og norsk fruktproduksjon 2012 Bioforsk Rapport Bioforsk Report Vol. 8 Nr. 33 2013 Undersøkelse av forekomst av karanteneskadegjøreren Monilinia fructicola i importert og norsk produksjon 2012 Gunn Mari Strømeng, May Bente Brurberg,

Detaljer

Tuppråte. Ragnhild Nærstad og Vinh Hong Le

Tuppråte. Ragnhild Nærstad og Vinh Hong Le Tuppråte Ragnhild Nærstad og Vinh Hong Le Samarbeidspartnere i prosjektet Hovedprosjekt finansiert av Statens landbruksforvaltning Bioforsk Plantehelse leder prosjektet. Prosjektleder er Ragnhild Nærstad.

Detaljer

Eksamen Matematikk 2P hausten 2015

Eksamen Matematikk 2P hausten 2015 Eksamen Matematikk 2P hausten 2015 Tid: 2 timar Hjelpemiddel: Vanlege skrivesaker, passar, linjal med centimetermål og vinkelmålar. Oppgåve 1 (1 poeng) Prisen på ei vare er sett ned med 30 %. I dag kostar

Detaljer

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen, Hald fokus! Lukas 24:44-49 «44 Så sa han til dei: Dette er orda mine, som eg tala til dykk medan eg endå var hjå dykk, at det måtte oppfyllast alt det som er skrive om meg i Moselova og profetane og salmane.

Detaljer

Biletbruk på nettet 1 2

Biletbruk på nettet 1 2 Innleiing Denne vesle rettleiinga vil syne deg ein arbeidsflyt for å tilretteleggje bilete for publikasjon på internett. Desse operasjonane fordrar bruk av eit bilethandsamingsprogram. Slike er det mange

Detaljer

Ribes. Mette Feten Graneng- rådgiver i hagebruk

Ribes. Mette Feten Graneng- rådgiver i hagebruk Ribes Mette Feten Graneng- rådgiver i hagebruk Norsk Landbruksrådgiving Sør-Trøndelag Kva er Ribes? Ribes nigrum Solbær Ribes rubrum Rips Ribes uva-crispa Stikkelsbær Ribes produksjon i Norge Totalt 43

Detaljer

FØRSTEKLASSELÆRER NYNORSK KOPIARK. GAN Aschehoug

FØRSTEKLASSELÆRER NYNORSK KOPIARK. GAN Aschehoug FØRSTEKLASSELÆRER NYNORSK KOPIARK 2019 2020 GAN Aschehoug HAUST Haustblad Mørkt når vi går heim Trekkfuglar på himmelen Refleks på! Bær i skogen Lue på! Sopp i skogen Frostrøyk frå munnen Frukt på trea

Detaljer

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den. PXT: Stein, saks, papir Skrevet av: Bjørn Hamre Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Microbit Introduksjon Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller

Detaljer

Sluttrapport i prosjektet Grøntanleggshygiene 2011. Venche Talgø, Maria L Herrero, May Bente Brurberg og Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse

Sluttrapport i prosjektet Grøntanleggshygiene 2011. Venche Talgø, Maria L Herrero, May Bente Brurberg og Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse 2..01 1{32Z - 10 62.1.5 Bi~rSk Bioforsk Rapport Vol. 7 Nr. 34 2012 Sluttrapport i prosjektet Grøntanleggshygiene 2011 Venche Talgø, Maria L Herrero, May Bente Brurberg og Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013 // Notat 1 // 214 656 tapte årsverk i 213 656 tapte årsverk i 213 Av Jorunn Furuberg og Ola Thune Samandrag I 213 gjekk 656 årsverk tapt på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Dei tapte

Detaljer

TEMA Nr. 3 - Februar 2008 Vol.3 Nr.3 2008

TEMA Nr. 3 - Februar 2008 Vol.3 Nr.3 2008 TEMA Nr. 3 - Februar 2008 Vol.3 Nr.3 2008 Planteskulehygiene Venche Talgø, Brita Toppe og Arne Stensvand, Bioforsk Plantehelse Terje Pundsnes og Steinar Haugse, Norsk Pyntegrønt forsøksring Inger Hilmersen,

Detaljer

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - November. Slik så den ut i. og slik ser den ut i dag.

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - November. Slik så den ut i. og slik ser den ut i dag. Bore Nytt Informasjon frå Bore skule skuleåret 2017 2018 Nr 2 - November Skulebakken er det første me vil ta fram denne gongen. Slik så den ut i sommar og slik ser den ut i dag. Det er blitt ein svært

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG Avlingsregistrering økologiske eplefelt Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane, Marianne Bøthun Norsk Landbruksrådgiving Hordaland, Liv Lyngstad Norsk Landbruksrådgiving Viken, Gaute Myren 1 BAKGRUNN

Detaljer

Bekjempelse av burot Av Benedikte Watne Oliver, Inger Sundheim Fløistad og Kirsten Semb Tørresen

Bekjempelse av burot Av Benedikte Watne Oliver, Inger Sundheim Fløistad og Kirsten Semb Tørresen Bekjempelse av burot Av Benedikte Watne Oliver, Inger Sundheim Fløistad og Kirsten Semb Tørresen Burot Artemisia vulgaris er en plante i spredning, den utgjør et allergiproblem for mange pollenallergikere,

Detaljer

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring // Nedgang i sykepengeutbetalingene til selvstendig næringsdrivende Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring AV JORUNN FURUBERG SAMANDRAG Mange som avsluttar attføring kjem tilbake som yrkesvalhemma

Detaljer

Kartlegging av blomstrar og fuglar i området Morafta 2014.

Kartlegging av blomstrar og fuglar i området Morafta 2014. Kartlegging av blomstrar og fuglar i området Morafta 2014. Foto: Svein Hjelmeset Snøsøte og snøspurv. Svein Hjelmeset september 2014. hjelmesets@hotmail.com Innhald. Framsida: Bilde av fjellområdet der

Detaljer

E39 Stord Os Kommunedelplan med konsekvensutgreiing

E39 Stord Os Kommunedelplan med konsekvensutgreiing Statens vegvesen NOTAT E39 Stord Os Kommunedelplan med konsekvensutgreiing Fagtema - Støy Dato: Juni 2016 Innhald Støy-KU E39 Stord-Os... 2 Prissett konsekvens... 7 Støy ved realisering av prosjektet...

Detaljer

Eksamen MAT 1011 matematikk 1P hausten 2015

Eksamen MAT 1011 matematikk 1P hausten 2015 Eksamen MAT 1011 matematikk 1P hausten 2015 Oppgåve 1 (3 poeng) 1,0 g salt inneheld 0,4 g natrium. Helsestyresmaktene tilrår eit inntak av natrium på maksimalt 2,4 g per dag. a) Kor mange gram salt kan

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017 Rapport om målbruk i offentleg teneste 17 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over

Detaljer

Geoteknisk notat - befaring Joar Tistel Harald Systad Joar Tistel REV. DATO BESKRIVELSE UTARBEIDET AV KONTROLLERT AV GODKJENT AV

Geoteknisk notat - befaring Joar Tistel Harald Systad Joar Tistel REV. DATO BESKRIVELSE UTARBEIDET AV KONTROLLERT AV GODKJENT AV NOTAT OPPDRAG DOKUMENTKODE 10209312-RIG-NOT-002 EMNE - RIG TILGJENGELIGHET Åpen OPPDRAGSGIVER Statens Vegvesen region Vest OPPDRAGSLEDER Joar Tistel KONTAKTPERSON Jon Harald Huseklepp, Ida Bruåsdal SAKSBEHANDLER

Detaljer

Månedens resept/idé Figur marsipan

Månedens resept/idé Figur marsipan Månedens resept/idé Figur marsipan Condifa har en veldig god spisemarsipan med en ikke for bitter, fin rund mandelsmak. Den inneholder 43 % søte spanske mandler. For å komme frem til denne typen spisemarsipan,

Detaljer

Smarte målarar (AMS) Status og planar for installasjon per juni 2017

Smarte målarar (AMS) Status og planar for installasjon per juni 2017 Smarte målarar (AMS) Status og planar for installasjon per juni 2017 65 2017 R A P P O R T Rapport nr 65-2017 Smarte målarar (AMS) Utgitt av: Redaktør: Forfattarar: Norges vassdrags- og energidirektorat

Detaljer