Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde
|
|
- Hilde Thorbjørnsen
- 2 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde Årsrapport 2014 Målsetting med nettverk av ressurspersonar i kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna er kompetanseheving, samhandling og samarbeid slik at kreftpasientar og andre pasientar med behov for lindrande behandling, samt deira pårørande, opplever god kvalitet og tryggleik i alle nivå i helsetenesta. Nettverksarbeidet har vore forankra i ein felles avtale mellom Helse Fonna, kommunane i Helse Fonna-området, Kreftforeningen Distrikt Vestlandet og Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB) sidan Etter ny samhandlingsstruktur mellom Helse Fonna og kommunane skal nettverket etablerast som eit fagnettverk under FoU-enhet for samhandling, med eit mandat frå Samhandlingsutvalget. Samhandlingsutvalget vedtok 12. desember 2014 eit mandat for nettverket som er i tråd med tidlegare avtale. Frå 2014 er Høgskolen Stord-Haugesund (HSH) og Kreftomsorg Rogaland (KOR) innlemma som partar i nettverket. Fysio- og ergoterapeutar er og inkluderte i arbeidet. Organiseringa av nettverket vert nå slik: Odda sjukehus Jondal Odda Ullensvang Nettverket vil framleis ha ei styringsgruppe med ein representant frå kvar av partane Helse Fonna, kommunane, Høgskolen, KLB og Kreftforeningen. Ei driftsgruppe har ansvar for den daglege drifta av nettverket, og leiaren er representert i styringsgruppa.
2 I Helse Fonna er det til saman 104 ressurssjukepleiarar fordelt på dei seks nettverksgruppene. 27 fysio- og ergoterapeutar er og ein del av nettverket, med ei eiga driftsgruppe. Sjukepleiarnettverket Alle ressurssjukepleiarar som har deltatt i nettverket i 2014, har fått oppdatert kompetanse i fleire tema innan palliasjon gjennom fagleg undervisning på nettverksmøte og årleg fellessamling. Ressurssjukepleiarane har blitt oppmoda til å vidareformidle stoffet i internundervisning på arbeidsplassen sin. Litt over 50% har hatt slik undervisning. Dette er likt med tidlegare. Ressurssjukepleiarane har fått kjennskap til Individuell plan innan palliasjon og bruken av denne, samt informasjon om hospiteringsordninga i Helse Fonna. Rapporteringa syner at 27% av ressurssjukepleiarane har deltatt i utarbeiding av Individuell plan i Svært få (<20%) har hospitert mens de har vore ressursperson. Ressurssjukepleiarane har blitt anbefalt å ha minst eitt årleg møte med leiaren sin og lage ein plan for arbeidet som ressursperson. Rapporteringa syner at berre 25% hadde hatt eit slikt møte. Tverrfagleg samhandling har vore i fokus, og andre faggrupper har vore invitert inn på nettverksmøta. Klinisk arbeid for ressurssjukepleiarane 67% av ressurssjukepleiarane og 54% av leiarane har deltatt i rapporteringa for Rapporteringa syner at over 90% bruker nasjonale retningslinjer for symptomlindring (Nasjonalt handlingsprogram for palliasjon eller handboka frå Lindring i Nord). ESAS /ESAS-r er innført i nesten alle verksemdene, men vert nytta i ulik grad avhengig av pasientgruppa. Ein god del både sjukepleiarar og leiarar skriv i rapporteringa at rolla som ressursperson har blitt meir tydeleg det siste året. Leiarane nyttar ressurssjukepleiar i pasientarbeidet i eigen sone/avdeling eller på tvers av sonar/avdelingar og som ressursperson, rollemodell og rettleiar for kollegaer. Ein mindre del nyttar ressurspersonen i systemarbeid. 27% av ressurssjukepleiarane har sett av øyremerka tid til funksjonen. 70% av leiarane meiner at funksjonen som ressurssjukepleiar bidrar i stor eller svært stor grad til betre kvalitet på kreftomsorg og lindrande behandling. 28% meiner at nettverket bidrar til ein viss grad. Arbeid i nettverksgruppene Det har vore arrangert i alt 12 nettverksmøte i Alle nettverksgruppene har hatt eit nettverksmøte om våren og eit om hausten. Nettverksmøta er på 6 timar. På kvart nettverksmøte har den lokale ressurspersonen hatt ansvar for å ynskja velkommen og å skriva referat. På førehand har dei tatt imot påmelding, skaffa lokale, sørgja for lunsj og forberedt presentasjon av eit case. Det går på omgang mellom kommunane å arrangera nettverksmøta. Tida fram til lunsj har vore satt av til refleksjon ressurspersonane imellom, der dei alle deler utfordringar og positive ting frå rolla som ressursperson i sin kommune eller avdeling. Etter lunsj har det vore satt av tid til fagleg undervisning. Her har det også vore mogeleg for andre enn ressurspersonar å delta. På slutten av dagen har ein fast på programmet presentasjon av eit case som utgangspunkt for felles refleksjon. 2
3 Lokal fastlege eller tilsynslege har blitt invitert til å fortelja frå sitt arbeid og dela erfaringar innan kreftbehandling og palliasjon. Dette har vore ein positiv erfaring i fleire kommunar. Til nettverksmøta med tema åndelig omsorg har lokale prestar blitt invitert til å delta. Det har vore bra oppmøte på desse undervisningane. Tema for nettverksmøta i 2014 Alle nettverka har fått same undervisning, fordelt på vår og haust. Undervisninga har vore gjennomført på denne måten: 1. Tema: Åndelig og eksistensiell omsorg hjå den palliative pasienten. Undervisning i «åndelig omsorg og nærværskompetanse» ved Lars Helge Myrset, institusjonsprest i Stavanger og medarbeidar KLB 2. Tema: Kvalme hjå den palliative pasienten Undervisning ved ein kreftsjukepleiar i kvart nettverk: Åse Olsson, kreftsjukepleiar på Odda sjukehus Mette Stadheim, kreftkoordinator i Odda kommune Eirunn Steine, kreftsjukepleiar Bømlo kommune Mona Didriksen, kreftsjukepleiar ved Kirurgisk klinikk, Haugesund sjukehus Unni N. Jamne, kreftsjukepleiar i Vindafjord kommune Hilde Håland, kreftkoordinator i Karmøy kommune Eva Johansen, kreftkoordinator i Haugesund kommune Oppmøte 2014 Nettverk Indre Haugalandet: Nettverk Hardanger: Nettverk Sunnhordland: vår: 13 av 17 ressurssjukepleiarar og 1 ergo-/fysioterapeut haust: 16 av 17 ressurssjukepleiarar og 2 ergo-/fysioterapeutar vår: 11 av 12 ressurssjukepleiarar og 2 ergo-/fysioterapeutar haust: 10 av 12 ressurssjukepleiarar og 1 ergo-/fysioterapeut vår: 19 av 26 ressurssjukepleiarar og 2 ergo-/fysioterapeutar haust: 22 av 26 ressurssjukepleiarar og 2 ergo-/fysioterapeutar Nettverk Ytre Haugaland Nord: vår: 15 av 15 ressurssjukepleiarar haust: 12 av 15 ressurssjukepleiarar Nettverk Ytre Haugaland Midt: vår: 11 av 12 ressurssjukepleiarar haust: 8 av 12 ressurssjukepleiarar Nettverk Ytre Haugaland Sør: vår: 13 av 19 ressurssjukepleiarar haust: 13 av 19 ressurssjukepleiarar Det er viktig å oppretthalda kontinuitet i nettverket, og difor har ein starta opp med å registrera også dei ressurspersonane som ikkje kjem på nettverksmøta. Dersom ein ressursperson gjentatte gonger ikkje møter på nettverksmøta, vil medlemmer i driftsgruppa ta dette opp med den det gjeld, og finna årsaka til fråværet. Dersom grunnen er liten interesse eller at personen av andre grunnar ikkje ynskjer å delta, kan leiar bli spurt om å finne ein ny ressursperson. 60% av ressurssjukepleiarane som har rapportert, har vore i funksjonen 3 år eller meir. 16% er nye i funksjonen siste året. 3
4 Leiarane skriv i rapporteringa at nettverksmøta er særs viktige for ressurspersonane: dei får auka kompetansen og blir trygge i faget, dei får utveksla erfaringar, drøfta etiske dilemma og knytt kontaktar som er nyttige i samhandlinga. Ein del leiarar skriv at dei ynskjer meir informasjon om aktivitetane i nettverket. Driftsgruppa Driftsgruppa har hatt 4 møte i 2014: 4. februar på Karmøy 20. mai i Kvinnherad 23. september i Vindafjord 25. november i Odda Det har vore engasjerte medlemmer i driftsgruppa og mange saker har vore diskutert. Representantar i driftsgruppa Det har vore nokre endringar i medlemmer i driftsgruppa i Driftsgruppa hausten 2014 er: Grete Skeie Sørhus, Vindafjord kommune og KLB, leiar Synnøve Gårder, Haugesund sjukehus Laila Johannesen, Palliativt team, Helse Fonna og KLB Åse Olsson, Odda sjukehus Tone Sellevold, Kreftforeningen Distrikt Vestlandet Cathrine Aasheim, Fitjar kommune (kommen inn i staden for Kvinnherad) Berit Røksund, Stord sjukehus Mette Stadheim, Odda kommune (kommen inn i staden for Eidfjord) Annbjørg V. Tjøsvoll, Karmøy kommune May Kristin Valen, HSH Målfrid Eide, KOR (ny part i nettverket) Styringsgruppa Styringsgruppa for nettverket har bestått av Dagny Faksvåg Haugen, KLB (leiar), Berit Haaland, Helse Fonna, Bjarne Braatveit, kommunerepresentant, Sølvi Eide Lunde, HSH, Geir Vangsnes, Kreftforeningen Distrikt Vestlandet og Grete Skeie Sørhus, leiar av driftsgruppa. Styringsgruppa har hatt to møte i 2014, samt eit dialogmøte med representantar frå Samhandlingsutvalget. Den viktigaste oppgåva har vore å få vidareført nettverksavtalen i eit nytt mandat. Introduksjonskurs Det vart arrangert introduksjonskurs for nye ressurspersonar 27. november 2014, med 28 deltakarar. Representantar frå driftsgruppa hadde ansvar for planlegging av kurset. Synnøve Gårder, Medisinsk klinikk og Astrid Eritsland, fysioterapeut, begge Haugesund sjukehus, samt Grete Skeie Sørhus gjennomførte kurset på HSH. Målsetting for kurset var å gi kunnskap om organisering av nettverket og palliativ verksemd i regionen, samt å drøfta forventningar til og bevissthet om rolla som ressursperson. Kreftstatus nasjonalt og i vår region vart presentert av overlege Gunnar Sjøen frå Anestesiavdelinga, Haugesund sjukehus. Det vart gitt innføring i relevante verktøy og 4
5 presentert erfaringar frå ressurspersonar frå kommune og sjukehus. Gruppearbeid hadde fokus på å utarbeida plan for å komma i gang som ressursperson og å presentera funksjonen og rolla i kommunen. Fellessamling Fellessamlinga vart arrangert 11. mars i Tabernaklet med tema Til pasientens beste. Målet var å få oppdatert kunnskap og gode verktøy for samhandling, kjennskap til aktuelle prosjekter for palliasjon i Helse Fonna-området, kunne bruke Individuell plan og bli inspirerte til tverrfagleg samarbeid og vidare arbeid i nettverket. Dagen vart innleia med foredrag over tema «Samhandling høgt og lågt til pasientens beste» av leiar i KLB, Dagny Faksvåg Haugen. Sølvi Eide Lunde, HSH, presenterte si masteroppgåve om Individuell plan, «Ein plan for eit verdig liv». Grete Skeie Sørhus synte praktisk utfylling av IP. Astrid Eritsland og Hildegunn Håland hadde innlegg om samhandling sett frå fysioterapeuten sin ståstad, og Elisabeth Andersland fortalte om erfaringar frå samhandling rundt ALSpasient. Alle deltakarane vart delt inn i refleksjonsgrupper, med eiga gruppe for leiarane. Deretter vart det presentert aktuelle prosjekt frå Helse Fonna-regionen: Prosjekt om åndeleg og eksistensiell omsorg, ved Mette H. Austrheim, Tysvær kommune LCP-prosjekt på Haugesund sjukehus, ved Laila Johannesen og Synnøve Gårder Erfaringar med samhandling i palliativ fase, sett frå fysioterapeuten sin ståstad, ved Eldbjørg Mathea Nesse, Bømlo. Til slutt vart resultat frå årleg rapportering presentert ved Dagny F. Haugen. Evalueringsskjema ga veldig gode og konstruktive tilbakemeldingar på dagen. Det er ei utfordring er at det er mange nye ressurspersonar og samtidig mange som har lang erfaring som ressursperson over mange år. Fleire gode forslag til neste års fellessamling vart gitt. Velkomstbrev og nyheitsbrev Alle nye ressurspersonar har fått tilsendt velkomstbrev med nyttig informasjon. Nyheitsbrev frå nettverket vert sendt ut til alle ressurspersonar og leiarar vår og haust. Nettsider Nettsida er i løpet av 2014 blitt fornya og er framleis under revidering. Sida blir meir brukarvennleg. På nettsida ligg oppdatert informasjon om dato for alle nettverksmøte og andre arrangement i nettverket i tillegg til nyheitsbreva. Nettsida har namneliste med oversikt over alle ressurspersonar. Utviklingsarbeid Det vert fortsatt arbeidd med å oppretta og drifta nettverk av fysioterapeutar og ergoterapeutar i Helse Fonna. Fysioterapeut Astrid Eritsland ved Palliativt team, Haugesund Sjukehus har leia dette arbeidet. Fysioterapeutar som jobbar med palliasjon i kommunane og på sjukehus, har vore invitert til nettverksmøta i løpet av Fysioterapeutane i nettverket vart inviterte til introduksjonskurset, og det var mange som deltok. 5
6 Fysio- og ergoterapinettverket I perioden frå oktober til desember blei fysioterapeuten i Palliativt team, Helse Fonna kjøpt fri av KLB til å arbeide med nettverk i 20% stilling. Det vart utarbeidd eit skriv om ressurspersonen si rolle, kompetanse og funksjon, samt arbeidsplan for ressursperson. Dette er nyttige dokument for rolleavklaring, i samarbeidet mellom leiar og ressursperson og for å syne at partane er forplikta på mandatet for nettverket. Mange fysio- og ergoterapeutar frå kommunane deltok på introduksjonskurset. Frå denne gruppa og frå Stord sjukehus vart det rekruttert representantar til driftsgruppa. Driftsgruppa består nå av: Marianne H. Espeland, fysioterapeut, Stord sjukehus Eldbjørg Nesse, fysioterapeut, Bømlo kommune Gunnhild Nereng, fysioterapeut, Haugesund kommune Agneta Gaard, ergoterapeut, Haugesund sjukehus Sigrid Bakkevold, fysioterapeut Haugesund sjukehus Astrid Eritsland, fysioterapeut, Palliativt team, leiar av gruppa Leiaren i driftsgruppa har hospitert ved Sunniva senter for lindrende behandling ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus i Bergen og hos Palliativt team, Haukeland universitetssjukehus, Bergen. Konklusjon Nettverket har hatt eit aktivt år med gode samlingar og gjennomgåande godt oppmøte. Mange av ressurspersonane har vore lenge i nettverket og har mykje kompetanse. Samtidig er det nyttig at nye kjem til og sikrar rekruttering. Leiarane gir ei god vurdering av arbeidet. I 2014 er det vedtatt eit nytt mandat (ny avtale) for nettverket og det er blitt eit fagleg nettverk under FOU-eining for samhandling i Helse Fonna. Delinga av det ytre nettverket har fungert positivt. Høgskolen Stord-Haugesund og Kreftomsorg Rogaland er tatt inn som partar i nettverket, og det er utvida til å omfatte fysioterapeutar og ergoterapeutar. Rapporteringa syner at det er forbetringspotensial i bruken av Individuell plan og at mange ressurssjukepleiarar framleis ikkje har eit årleg planleggingsmøte med leiaren sin. Hospitering burde vore nytta meir. Desse punkta vert satsingsområde i Januar 2015 Grete Skeie Sørhus, leiar for driftsgruppa, sjukepleienettverket Astrid Eritsland, leiar for driftsgruppa, fysio- og ergoterapinettverket 6
Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde
Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde Årsrapport 2015 Målsetting
Årsrapport Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde
Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde Årsrapport 2015 Målsetting med nettverk av ressurspersonar i kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna er
Handlingsplan for nettverket i Helse Fonna 2017
Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde Handlingsplan for nettverket i Helse Fonna 2017 Målsetting for nettverket Målet for nettverket av ressurspersonar
Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde
Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde Årsrapport 2016 Målsetting
Handlingsplan for nettverket i Helse Fonna 2018
Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde Handlingsplan for nettverket i Helse Fonna 2018 Målsetting for nettverket Målet for nettverket av ressurspersonar
Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling
Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling MANDAT OG ORGANISERING versjon 1, 03.2015 Fagleg nettverk mellom kommunane, Helse Fonna HF, Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion
ÅRSPLAN Pasient- og pårørendearbeid. Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Bergen foretaksområde
Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Bergen foretaksområde ÅRSPLAN 2017 Årsplanen bygger på følgende dokumenter: Avtale om drift av nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling i Helse
Målsetting. Formålet. Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helseregion Vest
lindrende behandling Helse Bergen foretaksområde Ann-Kristin Øren leder av driftsgruppen for sykepleienettverket Tone-Lise Frantzen leder av driftsgruppen for fysio- og ergoterapinettverket Haukeland universitetssjukehus
Særavtale til Tenesteavtale 6 for gjensidig kunnskapsoverføring, informasjonsutveksling, faglege nettverk og hospitering
Særavtale til Tenesteavtale 6 for gjensidig kunnskapsoverføring, informasjonsutveksling, faglege nettverk og hospitering Avtale om drift av nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Bergen
Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane
Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane 1. Bakgrunn Hausten 2004 starta Kreftforeningen seksjon Vest,
Frå brosjyren vår kreftsjukepleietenesta i Vindafjord
Kreftpasienten er skipper på eiga skute, men kreftsjukepleiar kan vera los i uryddig farvatn. Kreftsjukepleietenesta i Vindafjord kommune v/ Grete Skeie Sørhus Kreftsjukepleiar i Vindafjord kommune og
Kvifor og korleis lage årsplan som ressurssjukepleiar i lag med leiar? Av Marit Eikemo Halsnes
Kvifor og korleis lage årsplan som ressurssjukepleiar i lag med leiar? Av Marit Eikemo Halsnes Mål: At ressurssjukepleiarar og deira leiarar - vert kjent med oppbygginga av nettverket i regionen - får
Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Stavanger foretaksområde. Kunnskap Samarbeid Trygghet mot felles mål
Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Stavanger foretaksområde Kunnskap Samarbeid Trygghet mot felles mål Definisjon Et nettverk av ressurspersoner med definert ansvarsområde og funksjon
Årsplan Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane.
Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane Årsplan 2017 Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane. Innhald
Ved årsskiftet 2016/2017 er det 130 ressurssykepleiere i nettverket.
Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Stavanger foretaksområde Kunnskap Samarbeid Trygghet mot felles mål ÅRSRAPPORT 2016 Formål med nettverket: Bidra til kompetanseheving og bedre samhandling
Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA
Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA Innhold 1.0 KREFTKOORDINATOR I KOMMUNANE ÅLA... 3 1.1 Stilling som kreftkoordinator... 3 1.2 Organisering av stillinga... 3 1.3 Kreftkoordinator si rolle... 3 2.0 Oppstart
Drift av nettverk innen kreftomsorg og lindrende behandling.
Drift av nettverk innen kreftomsorg og lindrende behandling. Et vedlegg til Delavtale nr. 2d Samarbeidsavtale om behandlingsforløp for palliasjon mellom Helse Stavanger og kommunene i Helse Stavanger foretaksområde
Særavtale til Tenesteavtale 6 for gjensidig kunnskapsoverføring, informasjonsutveksling, faglege nettverk og hospitering
Særavtale til Tenesteavtale 6 for gjensidig kunnskapsoverføring, informasjonsutveksling, faglege nettverk og hospitering Avtale om drift av nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Bergen
Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Stavanger foretaksområde Rapportering fra ressurspersoner og ledere 2017
Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Stavanger foretaksområde Rapportering fra ressurspersoner og ledere 2017 Årlig fagdag og jubileumssamling 30. november 2017 Dagny Faksvåg Haugen GRATULERER!
Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014
Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014 Tema: Utskriving av pasientar frå sjukehus til kommune Samhandling mellom Stord sjukehus
Avtalen er basert på Plan for nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Bergen foretaksområde (mars 2006).
Avtale om etablering og drift av nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling mellom Helse Bergen, Haraldsplass Diakonale Sykehus, kommunene i Helse Bergen foretaksområde, Kreftforeningen Seksjon Vest
ÅRSRAPPORT FRÅ KREFTOMSORG. Årdal kommune
ÅRSRAPPORT FRÅ KREFTOMSORG Årdal kommune 2011 Innhold 1.0 Kreftomsorga i Årdal... 3 1.1 Kreftsjukepleiar... 3 1.2 Nettverk for ressurssjukepleiarar... 3 1.3 Hospitering... 5 2.0 Plan vidare... 5 2.1 Kreftsjukepleiar...
Rapport frå Samhandlingsseminar mellom Haugesund kommune og Haugesund sjukehus, Helse Fonna Dato: 23.februar.2015
Rapport frå Samhandlingsseminar mellom Haugesund kommune og Haugesund sjukehus, Helse Fonna Dato: 23.februar.2015 Tema: Utskriving av pasientar frå sjukehus til kommune Samhandling mellom Haugesund sjukehus
Vedlegg 1. Prosjektplan for lindrande behandling i Førde kommune
Vedlegg 1. Prosjektplan for lindrande behandling i Førde kommune 1 Innhold 1.0 Bakgrunn og behov... 3 1.1 Førde kommune... 4 1.2 Sentrale dokument... 5 1.2.1 Sentrale føringar innan samhandling, kreft,
Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna
Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna MANDAT OG ORGANISERING versjon 2, 1.2016 Nettverk for lærings- og meistringstilbod Bokn Bømlo Etne Fitjar Haugesund Jondal Karmøy Kvinnherad Odda Sauda
HOSPITERINGSPLAN FOR RESSURSSYKEPLEIERE I NETTVERK I KREFTOMSORG OG LINDRENDE BEHANDLING
HOSPITERINGSPLAN FOR RESSURSSYKEPLEIERE I NETTVERK I KREFTOMSORG OG LINDRENDE BEHANDLING 10.sept 2008, sist rev juli 2013 Hospitering er en del av nettverkets kompetanseplan hvor det anbefales at nye ressurssykepleiere
HOSPITERINGSPLAN FOR RESSURSSYKEPLEIERE I NETTVERK I KREFTOMSORG OG LINDRENDE BEHANDLING
HOSPITERINGSPLAN FOR RESSURSSYKEPLEIERE I NETTVERK I KREFTOMSORG OG LINDRENDE BEHANDLING 10.sept 2008, sist rev mars 2016 Hospitering er en del av nettverkets kompetanseplan hvor det anbefales at nye ressurssykepleiere
Velkommen! Møteplass med fokus på kvardagsrehabilitering som er tverrprofesjonelt samarbeid i praksis
Velkommen! Møteplass med fokus på kvardagsrehabilitering som er tverrprofesjonelt samarbeid i praksis Koordinerande eining i habilitering og rehabiliteringo Helse Fonna. Jorunn Sekse www.helse.fonna.no
Avtale mellom. XX kommune og Helse Førde HF. Fagnettverk innan eldremedisin/eldreomsorg
Avtale mellom XX kommune og Helse Førde HF Fagnettverk innan eldremedisin/eldreomsorg Avtale om fagnettverk innan eldremedisin/eldreomsorg 1. Partar Avtalen er inngått mellom XX kommune og Helse Førde
Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna
Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna MANDAT OG ORGANISERING versjon 1, 03.2015 Barn og unge 1 Forklaring av forkortingar SU: Samhandlingsutvalet (www.fousam.no) FOUSAM: Forsking- og utviklingseining
KOMPETANSE I BARNEHAGEN
Side 1 Rådmannen Vår ref: 2010/2296 Dato: 29.06.2010 KOMPETANSE I BARNEHAGEN PLAN FOR KVINNHERAD KOMMUNE 2010 2011 Side 2 BAKGRUNN FOR PLANEN: Kompetanseplanen byggjer på Kunnskapsdepartementet sin strategiplan
Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna
Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna MANDAT OG ORGANISERING versjon 1, 03.2014 Geriatrisk fagnettverk 1 Forklaring av forkortingar SU: Samhandlingsutvalet (www.fousam.no) FOUSAM: Forsking-
Å ta i bruk tiltaksplan for døyande i Kvinnherad kommune
Å ta i bruk tiltaksplan for døyande i Kvinnherad kommune Den døyande pasienten WHO- har utarbeida retningslinjer for behandling av døyande: den døyande skal vere informert om at han er døyande for å kunne
P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd
P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi
Avtale om hospitering
Avtale om hospitering mellom Helse Fonna HF, Bokn kommune, Bømlo kommune, Eidfjord kommune, Etne kommune, Fitjar kommune, Haugesund kommune, Jondal kommune, Karmøy kommune, Kvinnherad kommune, Odda kommune,
Samla oversikt over talet på innbyggjarar og befolkningsutvikling i kommunane i Helse Fonnaområdet:
Dette dokumentet viser datagrunnlaget for Odda sjukehus sitt opptaksområde for 2015, slik det ble utarbeidd våren 2016 for prosjektet «Odda og Stord sjukehus i lys av føringane i Nasjonal helse- og sjukehusplan
1.0 Årsrapport for 2015
Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane Årsrapport for 2015 og årsplan for 2016 Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling
Samhandlingsutvalet. Referat. Tid og stad: Tysdag 25.febr 2014 kl 10.00 14.00 Haugesund sjukehus, styrerom
Samhandlingsutvalet Referat Tid og stad: Tysdag 25.febr 2014 kl 10.00 14.00 Haugesund sjukehus, styrerom Til stades: Meldt fråfall: Referent: Aud Gunn Løklingholm, Bømlo kommune Kari Ugland, Helse Fonna
Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte
KOMPETANSEPLAN FOR RESSURSSJUKEPLEIARAR I
KOMPETANSEPLAN FOR RESSURSSJUKEPLEIARAR I NETTVERK, KREFTOMSORG OG LINDRANDE BEHANDLING Mål : Gi ressurssjukepleiaren grunnleggande kunnskapar, ferdigheiter og haldningar innan kreftomsorg og palliasjon.
Lindrende behandling og omsorg ved livets slutt i Haugesund kommune. Helsetorgmodellens Erfaringskonferanse 25.April 2012 Anne Kristine Ådland
Lindrende behandling og omsorg ved livets slutt i Haugesund kommune Helsetorgmodellens Erfaringskonferanse 25.April 2012 Anne Kristine Ådland WHO`S definisjon av palliasjon Aktiv behandling, pleie og omsorg
Team Surnadal- Velferdsteknologi i helhetlige pasientforløp Teamet
Team Surnadal- Velferdsteknologi i helhetlige pasientforløp Teamet Bak: Ingunn Mikkelsen, Annett Ranes og Solveig Glærum Foran: Gunnhild Eidsli og Pål Ranes. Heidrun Solstad og Arnhild Sæter er ikke med
Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester. Helse Fonna UTVIKLINGSSENTER FOR SYKEHJEM OG HJEMMETJENESTER FOR KOMMUNENE I HELSE FONNA
U Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester Helse Fonna UTVIKLINGSSENTER FOR SYKEHJEM OG HJEMMETJENESTER FOR KOMMUNENE I HELSE FONNA Målet er gode helse- og omsorgstjenester som setter pasienter,
Helsetorgmodellen - et stort samarbeidsprosjekt i Helse Fonna området, som imøtekommer samhandlingsreformen
Helsetorgmodellen - et stort samarbeidsprosjekt i Helse Fonna området, som imøtekommer samhandlingsreformen Leder Styringsgruppen: Laila Nemeth, Helse Fonna Ny leder driftsgruppen: Marianne Wennersberg
Prosjektplan - Samarbeid om etisk kompetanseheving
Prosjektplan - Samarbeid om etisk kompetanseheving Meland 03. september 2012 1. Bakgrunn Meland kommune er etter søknad teke opp i utviklingsprogrammet Saman om ein betre kommune. Prosjektgruppa i Saman
Møteinnkalling Formannskapet
Møteinnkalling Formannskapet Møtetid: Møtestad: 31.10.2011 kl Korrespondanse pr e-post Medlemer som ikkje kan møta, må melda frå til Kundetorget tlf 5349 6645 eller e-post: post@stord.kommune.no Varamedlemer
HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling.
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga MØTEREFERAT Referat frå: styremøte i Vestkystparken Møtedato: 29. april 2011 Tid: 0900-1100 Møteleiar: Hilde Gunn Bjelde Møtestad: Preikestolhytta Arkivsak:
Rapport frå Diaologmøte mellom Karmøy kommune og Helse Fonna Dato: 25.sept. 2014
Rapport frå Diaologmøte mellom Karmøy kommune og Helse Fonna Dato: 25.sept. 2014 Tema: Overføring av pasient med rehabiliteringsbehov mellom Helse Fonna og Karmøy kommune. Dialogmøtet var eit ledd i oppfølging
Kompetansesenter i lindrande behandling
Kompetansesenter i lindrande behandling 10 år 2011 Jubileumshefte Palliasjon i vest Helsing Baard-Christian Schem Fagdirektør, Helse Vest RHF Palliasjon i Vest - jubileumshefte KLB I sykehus er det lett
REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FRDAG 10 JUNI KL. 08.30-10.30, HØGSKULEN STORD/HAUGESUND, ROMMETVEIT
REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FRDAG 10 JUNI KL. 08.30-10.30, HØGSKULEN STORD/HAUGESUND, ROMMETVEIT Desse møtte: Odd Harald Hovland Geir Aga Siri Klokkerstuen Wenche Tislevoll Peder
Hospitering. mellom Helse Fonna HF, Høgskolen Stord/Haugesund og 18 kommuner i HF-regionen. Bokn Bømlo Etne Fitjar Haugesund Jondal
Hospitering mellom Helse Fonna HF, Høgskolen Stord/Haugesund og 18 kommuner i HF-regionen versjon 1, 1.2016 Bokn Bømlo Etne Fitjar Haugesund Jondal Karmøy Kvinnherad Odda Sauda Stord Suldal Sveio Tysnes
Fræna kommune og Eide kommune er likestilte parter i prosjektet.
PROSJEKTINFORMASJON Lindrende behandling; kompetanseheving og samhandling Navn på prosjektet LINDRING PÅ TVERS Deltakere: Lindring på tvers er et samarbeidsprosjekt mellom Fræna kommune, Eide kommune og
Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.
1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal
OVERORDNA AVTALE OM SAMHANDLING MELLOM DET KOMMUNALE BARNEVERNET OG DET STATLEGE BARNEVERNET I REGION VEST
Vår referanse: 11/00625-20 Kommunene i område Fonna Arkivkode: Saksbehandler: Astrid Toft Deres referanse: Dato: 20.03.2012 Til kommunane ved ordførar, rådmann og leiar for barnevernet: Vedlagt følgjer
Etikk og refleksjon i Sula kommune «Kinderegg» for kvalitet i fagutvikling
Mitt SULA Etikk og refleksjon i Sula kommune «Kinderegg» for kvalitet i fagutvikling Prosjektleiar Tanja Alme og kommunalsjef Kjetil Fylling «Samarbeid om etisk kompetanseheving i kommunene» Etikkonferanse
DATO: 31.08. 2015 SAKSHANDSAMAR: Gjertrud Jacobsen SAKA GJELD: Status for innføring av pakkeforløp for kreft i Helse Vest
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 31.08. 2015 SAKSHANDSAMAR: Gjertrud Jacobsen SAKA GJELD: Status for innføring av pakkeforløp for kreft i Helse Vest ARKIVSAK: 2014/246 STYRESAK:
Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013
Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013 Sokneråd FOK Tilstede: Merknader / Vararepresentant: Jon Lende Leiar av soknerådet Tor Arne Laland Sigve Klakegg Karl Inge Lygre Til stades siste del av møtet
Omfanget av fysisk aktivitet i grunnskulane i Sunnhordland og Nord Rogaland
Omfanget av fysisk aktivitet i grunnskulane i Sunnhordland og Nord Rogaland - Ei kartlegging av bruken av organisert fysisk aktivitet i skuletida utanom kroppsøvingsfaget og friminutta Høgskulelektor Trond
Rekruttering av helsepersonell fra Polen. Arve Varden Direktør medisinsk klinikk Helse Førde
Rekruttering av helsepersonell fra Polen Arve Varden Direktør medisinsk klinikk Helse Førde Dette er Helse Vest Har det overordnede ansvaret for spesialisthelsetjenesten i Rogaland, Hordaland og Sogn og
Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.
Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune. Fire skular var i perioden januar 2012 t.o.m. juni 2013 med i Utdanningsdirektoratet si satsing Vurdering for Læring (VfL). Målsetjinga var utvikling av ein vurderingskultur
Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Bergen foretaksområde
Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Bergen foretaksområde Nyhetsbrev 16.12.2016 Kjære ressurspersoner og ledere i Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling! Vi er stolte av å kunne
REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 11. MARS KL. 08.30-10.45, TYSNES RÅDHUS
REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 11. MARS KL. 08.30-10.45, TYSNES RÅDHUS Desse møtte: Morten Storebø Geir Aga Siri Klokkerstuen Pål Nygård Wenche Tislevoll Atle Tornes Peder Sjo
STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Omdømmemåling 2014 ARKIVSAK: 2014/816/ STYRESAK: 145/14 STYREMØTE: 08.12. 2014 FORSLAG
NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten 2014. Kurstilbod for IA-verksemder
NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane IA-kurs hausten 2014 Kurstilbod for IA-verksemder // Kurskatalog høsten 2014 Velkomen til kurs med NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane Gratulere med ny IA-avtale!
Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.
HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal
Visjon og verkelighetframtidas
Visjon og verkelighetframtidas lokalsjukehus Samarbeid mellom Nordfjord Psykiatrisenter og medisinsk seksjon Nordfjord sjukehus/førde sentralsjukehus Stavanger 4.juni 2014 Eva Herløsund Søgnen, spesialist
MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00
MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf.
RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012
Om Øving Lyneld Øving Lyneld er primært ei varslingsøving som Fylkesmannen i Hordaland gjennomfører med ujamne mellomrom for å teste beredskapsvarslinga til kommunane i Hordaland og Hordaland fylkeskommune.
Notat. Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato skriven: 25.08.2005 Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen
Notat Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato skriven: 25.08.2005 Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen Sakshandsamar: Ivar Eriksen Saka gjeld: Oversikt over tilsyns-, kontroll- og
foretaksområde sammenlignetmed i fjor.
Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Bergen foretaksområde ÅRSRAPPORT FOR2016 Formåletmed nettverket er å bidra til kompetansehevingog bedre samhandlingpå alle nivå i helsetjenesten,slik
Rektorforum 15. april
Til Skolen v/ rektor IKF-Rundskriv 06-2008 Oslo, 18. februar 2008 Rektorforum 15. april Viser til særmøte under rektorsamlinga i Tromsø i januar. Der vart det bedt om at IKF arrangerer eit rektorforum
Styresak. Styresak 014/06 B Styremøte 08.02. 2006
Styresak Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato: 30.01.2006 Sakbehandlar: Saka gjeld: Hilde Rudlang Fokusområde 2006 Styresak 014/06 B Styremøte 08.02. 2006 Bakgrunn Formålet med fokusområde
Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop 16.12.09, Bergen Revidert av partnarane 08.09.
Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop 16.12.09, Bergen Revidert av partnarane 08.09.2010, Sarpsborg - 1. Kom fram til nokre overordna felles mål for partnarskapet
Årsrapport 2011 for prosjekt lindrende behandling og omsorg ved livets slutt i Haugesund kommune
Prosjekt lindrende behandling i Haugesund kommune Årsrapport 2011 for prosjekt lindrende behandling og omsorg ved livets slutt i Haugesund kommune Budsjettkapittel 0761.67. Budsjettår 2011 Haugesund kommune
Informasjon til deg som er ny kontaktsykepleier
Informasjon til deg som er ny kontaktsykepleier Generelt om nettverket Historie Nettverket ble etablert i 1993 som et samarbeid mellom Kreftforeningen og Rådgivningsgruppen for alvorlig syke og døende
Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna
Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna MANDAT OG ORGANISERING versjon 1, 01.2013 IKT-nettverk 1 Forklaring av forkortingar SU: Samhandlingsutvalet (www.fousam.no) FOUSAM: Forsking- og utviklingseining
06.11.2008 Stryn kommune 1
06.11.2008 Stryn kommune 1 Samarbeid mellom små kommunar Utfordringar og muligheiter med Elin-Kprosjektet Ehelseseminar i Førde 04.november 08 Aslaug Håøy Nygård 06.11.2008 Stryn kommune 2 Elin-K i Stryn
Sogn lokalmedisinske senter
Sogn lokalmedisinske senter Felles formannskapsmøte 5. september 2014 Vidar Roseth prosjektleiar Margun Thue - prosjektmedarbeidar Føremålet med Sogn lokalmedisinske senter Helsetilbod som held høg kvalitet
REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 27. NOVEMBER KL. 15.00-18.00 I MATRE
REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 27. NOVEMBER KL. 15.00-18.00 I MATRE Desse møtte: Renate Klepsvik Austevoll kommune Helge Skugstad Austevoll kommune Odd Harald Hovland Bømlo
TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE
TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre
Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014
Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Møtestruktur: Fylkesstyremøte ein gong kvar månad. Ein bør setja dato for neste møte når ein er samla slik at flest mogleg har høve til å notera seg datoen
Utgreiing av føretaksgrenser i indre Hardanger. Tilråding til Helse Vest RHF frå styringsgruppa
1 Utgreiing av føretaksgrenser i indre Hardanger Tilråding til Helse Vest RHF frå styringsgruppa Bakgrunn 2 Helse- og omsorgsdepartementet har bedt Helse Vest RHF om å vurdere om indre Hardanger med Odda
Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember 2011. Møtedato: 8. desember 2011. Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.
Administrasjonen Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember 2011 Møtedato: 8. desember 2011 Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg Sak nr: 70/2011 Namn på sak: Verdibasert Hverdag Adm. direktørs
KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE
SLUTTRAPPORT FOR PROSJEKT: KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE Prosjektet starta opp i 2012 som eit samarbeidsprosjekt mellom Hjeltnes vgs, Sogn jord og hagebruksskule, Norsk fruktrådgiving Hardanger
Registrering av potensielle organdonores 2007. Rapport frå Norsk Intensivregister (NIR)
1 10.04.08 Registrering av potensielle organdonores 2007 Rapport frå Norsk Intensivregister (NIR) Styringsgruppa i NIR: Inger-Lise Fonneland Knut Dybwik Jon Henrik Laake Kristian Strand Hans Flaatten Sørlandet
PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012
PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 HANDLINGSPLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING 2012 Premissar. Det vart gjennomført ei grundig kompetansekartlegging i heile grunnskulen i Herøy hausten 07. Kritisk
Strategiplan for Apoteka Vest HF
Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.91 03.09.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka
Referat frå møte nr. 51, 20. februar 2013
Referat frå møte nr. 51, 20. februar 2013 Dato: 26. februar 2013 Til stades: Forfall: Sekretariatet: Baard-Christian Schem, Helse Vest RHF, leiar Stein Tore Nilsen, Helse Stavanger HF Berit Rokne, Universitetet
Styresak. Sakstittel: FORBETRINGSPROGRAMMET - STATUS PER MARS 2008
Styresak Går til: Styremedlemer Føretak: Helse Førde HF Styremøte: 26. mars 2008 Styresak: 024/08 O Arkivkode: Arkivsak: 2008/236 Dato skrive: 12.03.2008 Sakshandsamar: Tove Hovland Godkjent av: Jon Bolstad
Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering
Sogn Lokalmedisinske senter Status organisering prosess etablering Oppstart fase 2 jan 2013 Nokre rammer Kommunane yte best mulege tenester til innbyggarane våre Folkemengd og folkestruktur avgjerande
Styresak. Forslag til vedtak. Føretak: Helse Vest RHF Dato: 03.02.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Samansetting av regionalt brukarutval
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 03.02.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Samansetting av regionalt brukarutval Styresak 009/12 B Styremøte 01.02. 2012 Forslag til
Informasjon til pasientar og pårørande
HELSE BERGEN Haukeland universitetssjukehus Informasjon til pasientar og pårørande ReHabiliteringsklinikken Haukeland universitetssjukehus Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering Innhold Velkommen
Prosjektrapport EKSISTENSIELL/ÅNDELIG OMSORG FOR ALVORLIG SYKE OG DØENDE I KOMMUNEHELSETJENESTEN. 01.03.13-15.02.14
Prosjektrapport EKSISTENSIELL/ÅNDELIG OMSORG FOR ALVORLIG SYKE OG DØENDE I KOMMUNEHELSETJENESTEN. 01.03.13-15.02.14 Tysvær kommune - Bjørgene omsorg- og utviklingssenter - Kompetansesenter i lindrande
Hardanger Avdeling ÅRSMELDING NEGOTIA - HARDANGER AVD. 20.02.2009-17.02.2010
Hardanger Avdeling ÅRSMELDING 2009 NEGOTIA - HARDANGER AVD. 20.02.2009-17.02.2010 ORGANISASJON Styret i Negotia Hardanger Avdeling har siste året vore samansett slik: Laila T. Blokhus Merete Hersvik Karin
PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF
PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF Tid: Måndag 28. februar 2005, kl 1100 kl 1400 Stad: Scandic Bergen Airport Hotell, Bergen Styremøtet var ope for publikum og presse Saker: Sak 16/05 B Godkjenning
Hjertetrim,- Trening for livet. Samhandlingsprosjekt i Helsetorgmodellen
Hjertetrim,- Trening for livet Samhandlingsprosjekt i Helsetorgmodellen 2 Hovedmål Flytte «Hjertetrimmen» fra spesialisthelsetjenesten til kommunehelsetjenesten/ privat aktør, samtidig som kvaliteten på
Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa
Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar
Årsrapport Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane.
Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane Årsrapport 2016 Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane. Innhald