Felles internasjonalt kontor for Høgskolen i Gjøvik og Høgskolen i Lillehammer

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Felles internasjonalt kontor for Høgskolen i Gjøvik og Høgskolen i Lillehammer"

Transkript

1 Prosjektplan Felles internasjonalt kontor for Høgskolen i Gjøvik og Høgskolen i Lillehammer Innhold: 1. MÅL OG RAMMER Bakgrunn Prosjektmål Rammer OMFANG OG AVGRENSING ORGANISERING Prosjektleiing Øvrige roller BESLUTNINGSPUNKT OG OPPFØLGING Beslutningspunkt Oppfølging RISIKOANALYSE OG KVALITETSSIKRING Kritiske suksessfaktorar Kvalitetssikring GJENNOMFØRING Hovedaktivitetar for internasjonalt kontor Oppgåver og roller i teamet ØKONOMI KONTRAKTER OG AVTALAR...10 Inger Elin Nes Hjelle Desember 2004

2 1. MÅL OG RAMMER 1.1. Bakgrunn Kvalitetsreformen stiller Høgskolen i Gjøvik og Høgskolen i Lillehammer overfor store utfordringar når det gjeld internasjonalt samarbeid. Studentane skal førebuast til eit globalisert arbeidsliv der dei får relasjonar og oppgåver som forutset internasjonal forståing. Universiteta og høgskulane skal derfor vere internasjonale arenaer, og studentane har krav på at det blir lagt til rette for studentutveksling. Alle som ønsker det, skal få sjansen til å ta ein del av studiet sitt i utlandet, og internasjonalisering vil i stadig større grad bli ein viktig faktor for å auke rekrutteringa av både studentar og tilsette. Ikkje minst er det viktig å auke talet på innreisande studentar, slik at det blir skapt eit internasjonalt miljø også for dei som av ulike grunnar ikkje kan reise ut. Internasjonalisering er tidkrevande arbeid som stiller store krav til kompetanse og fleksibilitet. Det må ei bevisst satsing til om ein skal oppnå gode resultat, og arbeidet må vere forankra i leiinga på alle nivå. Felles internasjonalt kontor skal vere eit ressurssenter og ein pådrivar for internasjonalisering. For HiG og HiL har det vore personalmessig vanskeleg å få til eit internasjonalt kontor med nok årsverk til å kunne dekke alle arbeidsområde og yte god nok service til studentar og fagmiljø. Eit felles internasjonalt kontor vil drive meir rasjonelt, fordi dei tilgjengelege ressursane kan nyttast på ein meir effektiv måte. HiG og HiL har i dei tre siste åra hatt eit nært samarbeid om internasjonalisering. Prosjekt Innlandsuniversitetet har vore ramma for dette samarbeidet, og medarbeidarane ved dei internasjonale kontora på HiL, HiG og HiHm har alle vore involverte. Etablering av felles internasjonalt kontor for HiG og HiL er ei vidareføring av dette. Ved å slå saman ressursane og bruke dei til felles beste, vil ein få meir ut av både økonomiske og menneskelege ressursar. Utviklinga i PIU gjer det naturleg at det i første omgang er HiG og HiL som går saman om eit felles internasjonalt kontor. Samarbeidet med HiHm vil likevel fortsette som før. Høgskulestyra godkjente etablering av felles internasjonalt kontor i styremøte 6. oktober 2004 (HiG) og 2. november 2004 (HiL). 2

3 1.2. Prosjektmål Hovudmål: Høgskolen i Lillehammer og Høgskolen i Gjøvik skal vere aktive og synlege aktørar på den internasjonale utdanningsmarknaden. Internasjonalisering skal vere ein integrert del av den ordinære faglege verksemda ved institusjonane, og arbeidet skal vere forankra i den faglege og administrative leiinga på alle nivå. Internasjonalt kontor skal, i samarbeid med fagmiljøa, sørge for at det blir lagt til rette for utveksling av studentar og lærarar i alle studieprogramma. Delmål: Alle studieprogram skal ha ein definert utvekslingsperiode på minimum 3 månader. Det skal vere klare alternativ å velje mellom i denne definerte perioden. 10 % av studentane på bachelor- og masterstudium skal ha eit studieopphald i utlandet på minimum 3 månader i løpet av utdanninga. I løpet av prosjektperioden skal talet på innreisande studentar aukast, slik at det er minimum halvparten så mange inn som ut. På lengre sikt er det eit mål å oppnå balanse mellom talet på utreisande og talet på innreisande utvekslingsstudentar. HiG og HiL skal ha fått tildelt ECTS Label innan utgangen av prosjektperioden. HiG og HiL skal auke deltakinga i dei europeiske utvekslingsprogramma. Minst halvparten av studentutvekslinga skal foregå innan desse programma Rammer Samanslåing av dei internasjonale kontora ved HiG og HiL er eit organisatorisk grep. Det er ei viktig forutsetning at det ikkje skal vere ei fysisk samanslåing. Begge campus skal ha eit internasjonalt kontor som yter service og støtte til studentane. I prinsippet skal internasjonalt kontor vere bemanna på begge lærestadane kvar dag. Sidan staben ikkje er på meir enn tre personar, og det er mange aktivitetar utanfor campus som ein må delta på, vil dette ikkje alltid la seg gjere. Å vere tilgjengeleg for studentane mesteparten av tida er uansett ei prioritert målsetting. 3

4 Felles internasjonalt kontor er i første omgang oppretta som eit prosjekt på tre år, bl.a. fordi det er ein del økonomiske og organisatoriske spørsmål som lettare får ei løysing ved å velje ein prosjektmodell. Driftsmidla til internasjonalt kontor skal tildelast gjennom dei ordinære budsjettprosessane ved HiG og HiL og overførast til ein prosjektkonto på HiG. Leiar av internasjonalt kontor er ei stilling som er felles for dei to høgskulane. I tillegg har HiG og HiL ein medarbeidar kvar i 50 % stilling. I samarbeidsavtalen som er inngått for oppretting av felles internasjonalt kontor, har høgskulane forplikta seg til å oppretthalde denne bemanninga. Dersom aktivitetsnivået utviklar seg som forventa, vil det på sikt vere behov for å tilføre fleire ressursar. Ved oppstart av prosjektet er 2,4 årsverk knytta til felles internasjonalt kontor: Leiar av internasjonalt kontor i 100 % stilling 2 medarbeidarar i 50 % stilling 2 studentassistentar i 20 % stilling Både HiL og HiG har innført teamorganisering i administrasjonen. Internasjonalt kontor vil utgjere eitt av teama. I organisasjonsstrukturen vil dette teamet ligge under studiedirektørane, men internasjonalt kontor skal ha eit eige budsjett som leiar av kontoret har ansvar for. I tillegg til det administrative personalet bør det vere faglege koordinatorar på kvar avdeling/institutt eller for kvart studieprogram. Dei skal ha ansvaret for godkjenning, oppfølging og kvalitetssikring av faglege opplegg for inn- og utreisande studentar. 2. OMFANG OG AVGRENSING Internasjonalt kontor skal ivareta og administrere høgskulane sitt institusjonelle samarbeid med utanlandske lærestadar. Primærfunksjonen skal vere å yte service og støtte til inn- og utreisande utvekslingsstudentar, samt utgjere ein ressurs for avdelingane/institutta i deira internasjonaliseringsarbeid. Dessutan har kontoret det administrative ansvaret for høgskulane si deltaking i utvekslingsprogram som Erasmus, Nordplus, Leonardo og kvoteordninga. Gjennom nokre av desse programma får HiG og HiL også lærarmobilitetsstipend. Internasjonalt kontor disponerer desse midla, men hovudansvaret for internasjonalt samarbeid på fagsida 4

5 ligg hos fagmiljøa. Då fagleg aktivitet er utgangspunkt og nærmast forutsetning for studentutveksling, er det heilt avgjerande å få opp det internasjonale engasjementet blant dei vitskapleg tilsette. Eit internasjonalt kontor kan vere pådrivar og legge til rette, men vil aldri kunne oppnå gode resultat utan bidrag og innsats frå fagmiljøa. Prioriterte oppgåver i startfasen av prosjektet vil vere kvalitetssikring av avtaleporteføljen, etablering av felles rutiner og prosedyrer rundt studentutveksling, mottaksapparat for innreisande studentar og oppretting av felles websider for internasjonalisering (norsk og engelsk). Tilrettelegging for og oppfølging av internasjonalt forskningssamarbeid vil ikkje falle inn under ansvarsområdet til internasjonalt kontor. 3. ORGANISERING 3.1. Prosjektleiing Inger Elin Nes Hjelle er tilsett som leiar av felles internasjonalt kontor og har dermed også rolla som prosjektleiar. Leiaren har eit hovudansvar for strategi- og planarbeid, budsjett og økonomistyring, eksterne kontakter og programadministrasjon Øvrige roller Styringsgruppa vil bestå av studiedirektørane ved HiG og HiL. I mange saker vil leiar av internasjonalt kontor også ha eit nært samarbeid med rektorane. 4. BESLUTNINGSPUNKT OG OPPFØLGING 4.1. Beslutningspunkt Beslutning om eventuell vidareføring av prosjektet skal fattast innan 1. oktober Oppfølging Internasjonalt team skal ha månadlege statusmøte. I tillegg skal det haldast regelmessige møte med koordinatorane på avdelingane/institutta. 5

6 Leiar av internasjonalt kontor rapporterer til studiedirektørane ved HiG og HiL. Det skal haldast eitt felles rapporteringsmøte pr. halvår, i tillegg til kontinuerleg kontakt for oppdatering og utveksling av informasjon. Det skal også lagast skriftlege årsrapportar som leiargruppene får til orientering (ev. også høgskulestyra). 5. RISIKOANALYSE OG KVALITETSSIKRING 5.1. Kritiske suksessfaktorar Internasjonalt kontor får tildelt tilstrekkelige ressursar (bemanning, økonomi). Forankring i leiinga (sentralt og på avdelings-/instituttnivå). Fagleg kontaktpunkt på avdelings-/instituttnivå. Engasjement i fagmiljøa! God oppfølging av samarbeidsavtalar slik at det blir etablert tillitsforhold mellom HiG/HiL og samarbeidspartnarane ute. Aktivt informasjonsarbeid overfor studentane. God marknadsføring av tilbud til innreisande studentar. Boliggaranti til innreisande studentar. Dette er allereie i dag, med eit forholdsvis lite antal innreisande, eit stort problem. Kompetanse, fleksibilitet, idealisme! Faren for at det skal oppstå motsetningar og konfliktar er å sjå på som liten. Dei to institusjonane konkurrerer på svært få område tvert imot supplerer dei kvarandre. Til saman har HiG og HiL ein brei og variert fagportefølje og utgjer ein meir attraktiv samarbeidspartnar for utanlandske universitet enn kvar høgskule gjer separat Kvalitetssikring Internasjonalisering skal diskuterast i leiarmøta på høgskulane med jamne mellomrom for å sikre den nødvendig forankringa av strategiske val og prioriteringar. Internasjonalt kontor skal gjennomføre månadlege møte med dei faglege internasjonale koordinatorane og årlege møte med kvart fagmiljø. Kvalitetssystema på dei to høgskulane fastlegg øvrige rutinar. 6

7 6. GJENNOMFØRING 6.1. Hovedaktivitetar for internasjonalt kontor STRATEGI- OG PLANARBEID Utarbeide strategidokument og tiltaksplanar Budsjettarbeid og økonomistyring Evaluering og rapportering EKSTERNE KONTAKTER Avtaleetablering Avtaleoppfølging Avtaleadministrasjon Partnerbesøk til HiG/HiL Institusjonsbesøk (ut) Representasjon PIU samarbeidsgruppe HiG/HiL/HiHm Konferanse- og seminardeltaking STUDENTMOBILITET Utreisande: - Veiledning - Informasjonsmøte - Søknadsbehandling og rutiner - Fagleg innpassing og godkjenning - Oppfølging når dei er ute - Evaluering Innreisande: - Veiledning - Søknadsprosedyrer - Fagleg tilrettelegging - Mottak - Bolig 7

8 - Fadderordning - Introduksjonsprogram - Norskkurs - Ekskursjonar/sosiale tiltak PROGRAMADMINISTRASJON Erasmus Nordplus Leonardo Kvoteordninga - OFK stipend Søknader om tildelingar Søknadsbehandling og stipendtildeling Oppdatering på regelverk Økonomiadministrasjon og rapportering INFORMASJON Web engelsk Web norsk ECTS Diploma Supplement Brosjyremateriell norsk/engelsk Institusjonspresentasjonar på engelsk 6.2. Oppgåver og roller i teamet Leiar av internasjonalt kontor har hovudansvar for utarbeiding av strategiar og handlingsplanar, budsjett og økonomistyring, programadministrasjon, eksterne kontakter og informasjonsarbeid. Oppgåvene til dei to medarbeidarane i 50 % stilling vil i hovudsak vere konsentrert rundt tilrettelegging for studentmobilitet. Sjølv om den eine skal halde til på HiL og den andre på HiG, vil begge inngå i internasjonalt team og til ein viss grad jobbe på tvers av institusjonane. Teamet har felles ansvar for å utføre oppgåvene. Det skal lagast rutiner for informasjonsflyt og overføring av kompetanse. Studentassistentane skal primært jobbe med mottak av og tiltak for innreisande studentar. Dei faglege koordinatorane vil også vere knytta tett opp mot internasjonalt team. Dei vil ha eit hovudansvar for den faglege tilrettelegginga. 8

9 7. ØKONOMI Driftsbudsjettet til internasjonalt kontor må kunne dekke bl.a. følgjande aktivitetar: Mottaksapparat og sosiale tiltak for innreisande studentar Norskkurs Institusjonsbesøk (ut) Besøk til HiG/HiL frå utlandet (representasjon) Deltaking i nasjonale og internasjonale fora Servicepakke for utreisande studentar (informasjon, forberedande kurs) Kompetanseutvikling Informasjonsmateriell Lønnsutgifter kjem i tillegg. Årleg driftsbudsjett (utanom lønnsutgifter) blir fastlagt i høgskulane sine ordinære budsjettprosessar. Det er ei forutsetning at HiG og HiL gir omtrent like tildelingar til internasjonalt kontor sitt driftsbudsjett. I tillegg til driftsbudsjettet er det ønskeleg at internasjonalt kontor disponerer strategisk reisestøtte til fagleg tilsette. Midla skal gå til faglege besøk ved partnarinstitusjonar, i samsvar med utarbeida retningslinjer for tildeling. Sjølv om dei enkelte avdelingane/institutta i teorien skal sette av midlar til internasjonalt arbeid, viser det seg i praksis av denne posten på budsjettet ofte blir nedprioritert i kampen om ressursane. Dersom internasjonalt kontor kan gi slik støtte, vil dette styrke samarbeidet med fagmiljøa. Det vil bli enklare å utarbeide institusjonelle strategiar og modellar, og det ville bringe private kontaktar opp på institusjonsnivå. For kvar inn- og utreisande utvekslingsstudent får institusjonen 5000 kroner i mobilitetsstøtte. Denne støtta er eit tillegg til institusjonane sine ordinære budsjettavsetningar til internasjonalisering. Pengane blir kanalisert tilbake til avdelingane og bør der øyremerkast til internasjonalisering. Det må opprettast eit system for rapportering om bruken av mobilitetsmidla, slik at avdelingane blir bevisste på å bruke midla til å utvikle det internasjonale arbeidet. 9

10 8. KONTRAKTER OG AVTALAR Øvrige organisatoriske og økonomiske forhold er klargjort i samarbeidsavtalen mellom Høgskolen i Gjøvik og Høgskolen i Lillehammer om etablering av felles internasjonalt kontor, datert

HANDLINGSPLAN FOR INTERNASJONALISERING 2006-2008 HØGSKULEN I VOLDA

HANDLINGSPLAN FOR INTERNASJONALISERING 2006-2008 HØGSKULEN I VOLDA HANDLINGSPLAN FOR INTERNASJONALISERING 2006-2008 HØGSKULEN I VOLDA Vedtatt i Styret for Høgskulen i Volda 27.10.06 sak 47/2006 INNLEIING Internasjonalisering er eit sentralt element i norsk utdanningspolitikk.

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR INTERNASJONALT SAMARBEID VED HiST

HANDLINGSPLAN FOR INTERNASJONALT SAMARBEID VED HiST HANDLINGSPLAN FOR INTERNASJONALT SAMARBEID VED HiST 2006-2007 Innledning Internasjonalisering er en av hovedpilarene i Bologna-prosessen, som Norge har forpliktet seg til å følge opp. I Kvalitetsreformen

Detaljer

Handlingsplan for internasjonalisering

Handlingsplan for internasjonalisering Handlingsplan for internasjonalisering - Hovudmål 1: HVO skal ta aktivt del i EU-programma for utdanning, forsking og innovasjon, samt nordiske og nasjonale satsingar knytt til internasjonaliseringsfeltet.

Detaljer

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN SAK 57/12 HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN Saksopplysning I sak 41/12 gjorde Regionrådet for Hallingdal slikt vedtak: 1. Regionrådet for Hallingdal vedtek å setja i gang eit 3-årig prosjekt; Hallingdal 2020,

Detaljer

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Referat frå møte i Internasjonalt forum Referat frå møte i Internasjonalt forum Når: Tysdag 31.januar kl.12 Stad: Foss, stort møterom Til stades: Terje Bjelle, Bjarne Gjermundstad, Kari Thorsen, Åge Wiberg Bøyum, Ane Bergersen, Erik Kyrkjebø,

Detaljer

Felles Internasjonalt kontor mellom Høgskolen i Lillehammer og Høgskolen i Gjøvik Evaluering av andre prosjektperiode (2008-2010).

Felles Internasjonalt kontor mellom Høgskolen i Lillehammer og Høgskolen i Gjøvik Evaluering av andre prosjektperiode (2008-2010). Felles Internasjonalt kontor mellom Høgskolen i Lillehammer og Høgskolen i Gjøvik Evaluering av andre prosjektperiode (2008-2010). 18.10.2010 Bente Gaalaas Rønningen Leder av Internasjonalt kontor 1 INNHOLDSFORTEGNELSE

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

Prosjektplan. - Skilting Haugastøl - Bergen. Hovudprosjekt: Sykkelturisme i Hordaland. Delprosjekt: Felles informasjon Trykt og web

Prosjektplan. - Skilting Haugastøl - Bergen. Hovudprosjekt: Sykkelturisme i Hordaland. Delprosjekt: Felles informasjon Trykt og web Hovudprosjekt: Sykkelturisme i Hordaland Nordsjøruta Bergen- Mongstad Utvikling av 2 Syklist velkommen destinasjoner Skilting Haugastøl- Bergen Sykkeltrasé Rallarvegen til Ulvik Hardangerfjordruta Leirvik-Voss

Detaljer

Natur- og kulturbasert næringsutvikling. rundt Den Grøne Sløyfa

Natur- og kulturbasert næringsutvikling. rundt Den Grøne Sløyfa Natur- og kulturbasert næringsutvikling rundt Den Grøne Sløyfa Prosjektansvarleg; Den Grøne Sløyfa Prosjektleiar; Vert oppnemnt seinare Prosjektstart; 01.01.2008 Prosjektavslutning; 31.12.2009 1. MÅL OG

Detaljer

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom 16-19 år

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom 16-19 år PROSJEKTPLAN - TOPP - idrettsutvikling for ungdom 16-19 år Styrke aktivitets, kunnskaps- og kompetanse utviklinga i idretten i Sogn og Fjordane gjennom lokal oppfølging. Ajourført prosjektplan Etter idrettskrinsstyret

Detaljer

PROSJEKTPLAN FOR SYKKELBYEN STORD

PROSJEKTPLAN FOR SYKKELBYEN STORD PROSJEKTPLAN FOR SYKKELBYEN STORD 1. Mål og rammer 1.1 BAKGRUNN Stord kommune signerte 22.januar 2013 avtale om Stord som sykkelby. Avtalen er mellom Vegvesenet, Hordaland Fylkeskommune og Stord kommune.

Detaljer

Utredning av den internasjonale virksomheten ved UiS. Grunnlagsdokument for diskusjon og høring internt

Utredning av den internasjonale virksomheten ved UiS. Grunnlagsdokument for diskusjon og høring internt Til: Rektoratet Fakultetene Administrative enheter Tjenestemannsorganisasjonene StOr Utredning av den internasjonale virksomheten ved UiS. Grunnlagsdokument for diskusjon og høring internt UiS har over

Detaljer

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering FoU ved HVO faglege satsingsområde Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering Innstilling frå Forskingsutvalet Volda, 28.05.04 Innleiing Forskingsutvalet oppnemnde i møte

Detaljer

Føretaket vil stille personell til å delta i arbeidet, og vil ta felles mål inn i lokale planar og rapporteringssystem for oppfølging.

Føretaket vil stille personell til å delta i arbeidet, og vil ta felles mål inn i lokale planar og rapporteringssystem for oppfølging. Handlingsplan for Pasientreiser, Helse Fonna Ved Margareth Sørensen, funksjonsleiar Pasientreiser, Svanaug Løkling, seksjonsleiar akuttmottak Haugesund og Anne Hilde Bjøntegård, klinikkdirektør. Oversikt

Detaljer

Nytt program for internasjonalisering i lærarutdanninga Invitasjon til innspel og møte i Bergen 14. juni 2017

Nytt program for internasjonalisering i lærarutdanninga Invitasjon til innspel og møte i Bergen 14. juni 2017 Vår ref: 17/00505-1 Dykkar ref: Dato: 23.05.2017 Nytt program for internasjonalisering i lærarutdanninga Invitasjon til innspel og møte i Bergen 14. juni 2017 Senter for internasjonalisering av utdanning

Detaljer

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE. REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE. 1. GENERELT 1.1 Føremål Møre og Romsdal fylke har som mål å yte god service og vere tilgjengeleg for innbyggarane i fylke og for

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Strategisk arbeid ved UiB: Rekruttering av internasjonale studenter.

Strategisk arbeid ved UiB: Rekruttering av internasjonale studenter. Profileringsseminaret 2011 Strategisk arbeid ved UiB: Rekruttering av internasjonale studenter. Hilde Haaland-Kramer Studieadministrativ avdeling, UiB Innhold Strategi rammer for rekruttering og profilering

Detaljer

Studieplan 2010/2011

Studieplan 2010/2011 Studieplan 2010/2011 Studium i lokalt internasjonaliseringsarbeid (for faddere for innreisende studenter) Frå januar 2007 vil Høgskolen i Lillehammer tilby eit nytt studium i lokalt internasjonaliseringsarbeid

Detaljer

Rådgjevarkonferansen 2009

Rådgjevarkonferansen 2009 Rådgjevarkonferansen 2009 Dei neste 15 min. Tørre facts om HSF Utfordringar for HSF HSF - ein attraktiv høgskule? Utdanningar ved HSF og spennande planar Ta med elevane på besøk til HSF! Tørre facts Høgskulen

Detaljer

Stillingsomtalar for Arbeidsutvalet i Studenttinget i Volda

Stillingsomtalar for Arbeidsutvalet i Studenttinget i Volda Stillingsomtalar for Arbeidsutvalet i Studenttinget i Volda Hovudbodskap: Arbeidsutvalet og studenttingsmedlemmane utgjer Studenttinget i Volda. Drifta av tinget er avhengig av kvart enkelt medlem sin

Detaljer

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær Økologisk føregangsfylke i frukt og bær Fagdag bringebær, Vik 27. 11. 2009 Torbjørn Takle Føregangsfylke økologisk landbruk - bakgrunn Nasjonal handlingsplan 15 % økologisk produksjon og forbruk i 2015

Detaljer

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID SAK 04/12 SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID Saksopplysning Kommunane i Hallingdal søkjer i brev dat. 2.9.2011 om tilskot til regionalt plansamarbeid. Målet er å styrke lokal plankompetanse gjennom

Detaljer

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark 2010-2015

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark 2010-2015 Strategisk plan for Høgskolen i Telemark 2010-2015 Rullert av rektor pr. 15.01.15, jf. S-sak 63/14 vedtakspkt. 1 I Verksemdsidéen Høgskolen i Telemark (HiT) skal oppfylle samfunnsoppdraget sitt ved å tilby

Detaljer

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING SAK 32/12 LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING Saksopplysning (i grove trekk brev dat. 13.8.2012) I vedlagt brev dat. 13.8.2012 (vedlegg 1) frå prosjektgruppa for Prosjekt lokalmedisinske

Detaljer

Eksempel frå Stord kommune

Eksempel frå Stord kommune Eksempel frå Stord kommune Evaluering andre driftsår Pr. 31.08.2004 1.0 Innleiing Springbrettet eit samarbeidsprosjekt for ungdom vart starta 01.08.02 med sluttdato 31.07.05. Prosjektet skal evaluerast

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Temaplan for internasjonalisering Høgskolen i Østfold

Temaplan for internasjonalisering Høgskolen i Østfold Temaplan for internasjonalisering 2011-2013 Høgskolen i Østfold Hva er internasjonalisering? Internasjonalisering er utveksling av ideer, kunnskap og tjenester mellom nasjoner over etablerte landegrenser

Detaljer

PROSJEKTPLAN FORSTUDIE BYGGELEMENT PRODUKSJON Utkast

PROSJEKTPLAN FORSTUDIE BYGGELEMENT PRODUKSJON Utkast PROSJEKTPLAN FORSTUDIE BYGGELEMENT PRODUKSJON Utkast 24.10.2012 Bilde: Trond Haavik, Segel AS, prefabrikerte element kan brukast både på små og store bygg, så vel nye som ved rehabilitering. Her eksemplifisert

Detaljer

Utprøving og innføring av Velferdsteknologi i Stord kommune

Utprøving og innføring av Velferdsteknologi i Stord kommune Utprøving og innføring av Velferdsteknologi i Stord kommune Innhold 1. PROSJEKTNAMN... 2 2. PROSJEKTMÅL... 2 2.1 Hovudmål for prosjektet... 2 2.2 Delmål for prosjekt... 2 3. NOSITUASJONEN... 2 4. PROSJEKTBESKRIVELSE...

Detaljer

Møtebok for Høgskulestyret

Møtebok for Høgskulestyret Møtebok for Høgskulestyret Møtestad: Tørvis Hotell, Marifjøra Dato: 17.06.2014 Tidspunkt: 09:00 14:00 Følgjande medlemar møtte: Namn Funksjon Vara for Heidi-Kathrin Osland Styreleiar Olav Grov Olav Refsdal

Detaljer

SØKNADSKRITERIER FOR TILDELING AV INSTITUSJONELLE FOU STIPEND

SØKNADSKRITERIER FOR TILDELING AV INSTITUSJONELLE FOU STIPEND Kriterier fou 1 av 5 SØKNADSKRITERIER FOR TILDELING AV INSTITUSJONELLE FOU STIPEND Det vert lyst ut fou stipend i kategoriane: 1.Lektorstipend for opprykk til førstelektor Forskarstipend for nykvalifiserte

Detaljer

Resept for eit sunnare FørdeF

Resept for eit sunnare FørdeF Resept for eit sunnare FørdeF Trygg i FørdeF Del av folkehelsearbeidet i Førde F kommune April 2009 Folkehelseprosjektet Stortingsmelding nr. 16 (2002-2003) 2003) Auka satsing på p folkehelse dei neste

Detaljer

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Framtidas bustadbehov blir i hovudsak påverka av størrelsen på folketalet og alderssamansettinga i befolkninga. Aldersforskyvingar i befolkninga forårsakar

Detaljer

Stillingsomtalar for Arbeidsutvalet i Studenttinget i Volda

Stillingsomtalar for Arbeidsutvalet i Studenttinget i Volda Stillingsomtalar for Arbeidsutvalet i Studenttinget i Volda Hovudbodskap: Arbeidsutvalet og studenttingsmedlemmane utgjer Studenttinget i Volda. Drifta av tinget er avhengig av kvart enkelt medlem sin

Detaljer

Høringsnotat om endringer i universitets- og høyskoleloven og egenbetalingsforskriften

Høringsnotat om endringer i universitets- og høyskoleloven og egenbetalingsforskriften Høringsnotat om endringer i universitets- og høyskoleloven og egenbetalingsforskriften Kunnskapsdepartementet sender med dette på høring forslag om endringer i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter

Detaljer

Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet 180 studiepoeng

Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet 180 studiepoeng Høgskolen i Bergen Bachelorstudium: Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet 180 studiepoeng Innleiing Barnehagelærarutdanning er ei treårig forskningsbasert, profesjonsretta og

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

H A N D L I N G S P L A N 2013 2015 for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

H A N D L I N G S P L A N 2013 2015 for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane 1 H A N D L I N G S P L A N 2013 2015 for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategiplan for Høgskulen i Sogn og Fjordane 2010-2014 ligg til grunn for biblioteket sine prioriteringar OVERORDNA

Detaljer

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Oktober 2014 Tittel: Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Dato: Oktober 2014 www.nokut.no Forord NOKUT har vore i kontinuerleg endring sidan

Detaljer

Miljøsertifisering av offentlige og private verksemder i Gol kommune Bruk av Miljøfyrtårn som sertifiseringsordning

Miljøsertifisering av offentlige og private verksemder i Gol kommune Bruk av Miljøfyrtårn som sertifiseringsordning Miljøsertifisering av offentlige og private verksemder i Gol kommune Bruk av Miljøfyrtårn som sertifiseringsordning Plan for 2010 2012 Næringsavdelinga hausten 2009 Bakgrunn: Formannskapet i Gol vedtok

Detaljer

Fortid & notid for framtid

Fortid & notid for framtid Fortid & notid for framtid Arkiv og kulturformidling Reglement for styret - Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal IKS, Godkjent representantskapsmøte 28.03.2017 1. FORMÅL Formålet med reglement for

Detaljer

Strategi Ny kunnskap ny praksis

Strategi Ny kunnskap ny praksis Strategi 2024 Ny kunnskap ny praksis Visjon og slagord Visjon Leverer kunnskap som løyser samfunnet sine utfordringar. Slagord Ny kunnskap ny praksis Verdiane våre Lærande I tett samspel med samfunns-

Detaljer

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet Ny GIV Oppfølgingsprosjektet 2010 2013 Gjennomføring i vidaregåande opplæring www.sfj.no Innhald Prosjektplan for Ny GIV Sogn og Fjordane fylkeskommune... 3 1. Bakgrunn og mål Ny GIV... 3 2. Oppfølgingsprosjektet...

Detaljer

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF 1. Formål med instruksen Denne instruksen omhandlar rammene for administrerande direktør sitt arbeid og definerer ansvar, oppgåver, plikter og rettigheiter.

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR FRÆNA VGS SITT IA ARBEID:

HANDLINGSPLAN FOR FRÆNA VGS SITT IA ARBEID: HANDLINGSPLAN FOR FRÆNA VGS SITT IA ARBEID: Skolen skal på grunnlag av dei tre delmåla i IA-avtalen fastsette eigne mål for IAarbeidet tilpassa skolen sine utfordringar. Dei ulike delmåla må sjåast i samanheng

Detaljer

Pedagogisk plattform

Pedagogisk plattform Pedagogisk plattform Visjon Fag og fellesskap i fokus Våre verdiar Ver modig Ver imøtekommande Ver truverdig Pedagogisk plattform Vi bygger på Læringsplakaten og konkretiserer denne på nokre sentrale område:

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding: Saksframlegg Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1 Retningslinjer for uønska deltid * Tilråding: Administrasjonsutvalet vedtek retningslinjer for å handsame uønska deltid, dagsett.11.02.2010.

Detaljer

MEETINGS INCENTIVE CONVENTIONS EVENTS - HORDALAND

MEETINGS INCENTIVE CONVENTIONS EVENTS - HORDALAND MEETINGS INCENTIVE CONVENTIONS EVENTS - HORDALAND 1. MÅL OG RAMMER 1.1. Bakgrunn for MICE Hordaland 1 Medan Nordhordland, Hardanger og Sunnhordland dei siste åra har hatt fin utvikling innan ferie og fritidsmarknaden,

Detaljer

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF 2015-16. Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF 2015-16

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF 2015-16. Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF 2015-16 Vår sakshandsamar Liv Synnøve Bøyum, tlf. +7 7 67 6 vedtak av Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF 0-6 (vedtak.06., basert på AMU sak 0/0) Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF 0-6. Innleiing.

Detaljer

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 HANDLINGSPLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING 2012 Premissar. Det vart gjennomført ei grundig kompetansekartlegging i heile grunnskulen i Herøy hausten 07. Kritisk

Detaljer

Vedlegg 1 til sak, handlingsplan for Internkontroll. Handlingsplan for styrking av kvalitet og internkontroll. Helse Bergen

Vedlegg 1 til sak, handlingsplan for Internkontroll. Handlingsplan for styrking av kvalitet og internkontroll. Helse Bergen Handlingsplan for styrking av kvalitet og internkontroll Helse Bergen 2015 Innhald 1 Organisatorisk forankring... 2 2 Lovkrav... 2 3 Føremål... 3 4 Tiltak... 3 5 Referansar:... 6 1 Organisatorisk forankring

Detaljer

VEDTEKT av februar 2007

VEDTEKT av februar 2007 IKS VEDTEKT av februar 2007 Vedteken i følgjande kommunar: Bokn Etne Haugesund Tysvær Vindafjord Vedtekt av februar 2007 Side 1 av 5 INNHALD Side 1. Heimel... 2 2. Deltakarar... 2 3. Føremål... 2 4. Hovudkontor...

Detaljer

FORSLAG TIL INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSEFØRETAK

FORSLAG TIL INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSEFØRETAK FORSLAG TIL INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSEFØRETAK 1. Formål med instruksen Denne instruksen beskriv rammene for administrerande direktør sitt arbeid og omhandlar ansvar, oppgåver, plikter

Detaljer

Internasjonalisering. Prosjekt Læring i arbeidsliv og utdanning. Internasjonalt utvalg 19.06.12

Internasjonalisering. Prosjekt Læring i arbeidsliv og utdanning. Internasjonalt utvalg 19.06.12 Internasjonalisering Prosjekt Læring i arbeidsliv og utdanning Internasjonalt utvalg 19.06.12 Definisjon internasjonalisering En etablert definisjon for internasjonalisering i høyere utdanning: The process

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send høyringsinnspel

Detaljer

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Administrasjonsutvalet 19.05.2010 KAI 025/10 Avgjerd av: Administrasjonsutvalet Saksbeh.: Kari Anne Iversen Ansv. KAI Arkiv: N-048.2 Arkivsaknr

Detaljer

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING» NASJONAL SATSING STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING» Innføring av valfag Auka fleksibilitet Varierte arbeidsmåtar Eit meir praktisk og relevant ungdomstrinn beherske grunnleggande

Detaljer

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 16.01.2015 SAKSHANDSAMAR: Baard-Christian Schem SAKA GJELD: Differensierte ventetider ARKIVSAK: 2015/1407/ STYRESAK: 012/15 STYREMØTE: 04.02.

Detaljer

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1 1 FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1 1. OMFANG Denne forskrifta gjeld for dei studieprogramma som institusjonen vedtek å opprette. 2. DEFINISJONAR 2.1.

Detaljer

REGLAR FOR BACHELOR- OG MASTEROPPGÅVA DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET

REGLAR FOR BACHELOR- OG MASTEROPPGÅVA DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET REGLAR FOR BACHELOR- OG MASTEROPPGÅVA DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET INNLEIING Dette skrivet gir reglane for utføring av bachelor- og masteroppgåva. Reglane er fastsette av fakultetet og gir rammene

Detaljer

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE. 2004 2007, vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, 15.01.04. for

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE. 2004 2007, vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, 15.01.04. for Gol kommune Arkivkode Vår ref. Dykkar ref. Dato 400 04/00137-001 - AKV 16.01.04 ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM for GOL KOMMUNE 2000 2003, vedteke i Kommunestyret, sak 0051/00, 24.10.00 2004 2007, vedteke

Detaljer

Revidert prosjektplan for utviding og omtaksering av eigedomsskatt i Balestrand kommune, juni 2015.

Revidert prosjektplan for utviding og omtaksering av eigedomsskatt i Balestrand kommune, juni 2015. Revidert prosjektplan for utviding og omtaksering av eigedomsskatt i Balestrand kommune, juni 2015. 1. Mål og rammer 1.1 Bakgrunn Kommunestyret vedtok i desember 2013, sak 59/13 at det skal innførast eigedomsskatt

Detaljer

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS 20142014-2017

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS 20142014-2017 STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS 20142014-2017 Visjon Me er framoverlent Verdiar Samarbeidsrådet for Sunnhordland er eit opent og ærleg samarbeidsorgan for kommunane i Sunnhordland,

Detaljer

STYRESAK: DATO: 22.09.2015 SAKSHANDSAMAR: Trond Søreide SAKA GJELD: Internrevisjon i Helse Vest av bierverv STYREMØTE: 30.09.2015 FORSLAG TIL VEDTAK

STYRESAK: DATO: 22.09.2015 SAKSHANDSAMAR: Trond Søreide SAKA GJELD: Internrevisjon i Helse Vest av bierverv STYREMØTE: 30.09.2015 FORSLAG TIL VEDTAK STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF DATO: 22.09.2015 SAKSHANDSAMAR: Trond Søreide SAKA GJELD: Internrevisjon i Helse Vest av bierverv STYRESAK: 62/15 A STYREMØTE: 30.09.2015 FORSLAG

Detaljer

Studenttinget 2014/2015

Studenttinget 2014/2015 Studenttinget 2014/2015 Sakspapir x. møte, dd.md.år Innhald Sak 00-14/15: Konstituering... 2 Sak 01-14/15: Godkjenning av innkalling og referat... 3 Sak 02-14/15: Godkjenning av sakliste og dagsorden...

Detaljer

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE 2016-2019 INNLEIING Organisatorisk plattform er vedteken av Unge Venstres landsmøte 2015 og gjeld for perioden 2016-2019. Det er berre landsmøte som i perioden

Detaljer

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester Framlegg, 16.05.12 Delavtale mellom Balestrand kommune og Helse Førde HF Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Detaljer

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva: Prosjektplan: Mål for skuleutvikling i Lærdal kommune 1. Bakgrunn og føringar Lærdal kommune har delteke i organisasjonsutviklingsprogramma SKUP 1 og 2, som Utdanningsdirektoratet inviterte kommunar med

Detaljer

DATO: SAKSHANDSAMAR: Torstein Solset SAKA GJELD: Risiko knytt til matforsyning - internrevisjon Helse Vest RHF

DATO: SAKSHANDSAMAR: Torstein Solset SAKA GJELD: Risiko knytt til matforsyning - internrevisjon Helse Vest RHF STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 26.02.2018 SAKSHANDSAMAR: Torstein Solset SAKA GJELD: Risiko knytt til matforsyning - internrevisjon Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2017/3570 STYRESAK:

Detaljer

Innovasjonsmetoden vår

Innovasjonsmetoden vår Innleiing Time kommune har sidan 2012 hatt mål i økonomiplanen om innovasjon i tenesteutviklinga. I 2013 gjennomførte kommunen åtte innovasjonsprosjekt og opplæring i innovasjonsmetodikk. I 2014 vart åtte

Detaljer

Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark

Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark Kommunestrukturen i Vest-Telemark Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark Oppdatert 21. oktober 2015. Innhald 1. Mål og rammer... 3 1.1 Bakgrunn... 3 1.2 Rammer... 3 2. Omfang og avgrensing...

Detaljer

Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo)

Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo) rundskriv nr 5/09 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane Dato: Ref: 16.03.2009 MR 9146/2009/040 Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo) Fylkesutdanningsdirektøren meiner

Detaljer

To kommuner - eitt kontor

To kommuner - eitt kontor Oslo Kongressenter, 13. april -15 To kommuner - eitt kontor Samanslåing av NAV Volda og NAV Ørsta Eit døme på partnerskapet i praksis Eli Grøtta, NAV-leiar NAV Ørsta/Volda NAV på bedringens veg! NAV, 16.04.2015

Detaljer

Prosjektplan. - Forlenging av Nordsjøruta frå Bergen til Leirvåg

Prosjektplan. - Forlenging av Nordsjøruta frå Bergen til Leirvåg Prosjektplan - Forlenging av Nordsjøruta frå Bergen til Leirvåg Prosjektansvarleg: Gro Røhne Andersen, Samarbeidsrådet for Sunnhordland Prosjektleiar: Nordhordland Reiselivslag Prosjektstart: 01.09.2009

Detaljer

på vegne av barn og unge

på vegne av barn og unge HAUGALANDSLØFTET på vegne av barn og unge HAUGALANDSLØFTET SKAL FØRE TIL AT BARN OG UNGE FÅR UTNYTTA RESSURSANE SINE OG BLI GODT INKLUDERT I DET ORDINÆRE OPPLEGGET I BARNEHAGE OG SKULE 4 hovudområde for

Detaljer

UTREDNING AV ET INTERNASJONALT SENTER «RAVNDAL-UTVALGET» Prosjektmandat for utredning av et internasjonalt senter

UTREDNING AV ET INTERNASJONALT SENTER «RAVNDAL-UTVALGET» Prosjektmandat for utredning av et internasjonalt senter UTREDNING AV ET INTERNASJONALT SENTER «RAVNDAL-UTVALGET» for utredning av et internasjonalt senter Prosjekt utredning av et internasjonalt senter Internasjonalisering er en av tre satsingsområder i strategien.

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering HØYRINGSINNSPEL Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send

Detaljer

Studenttinget 2015/2016

Studenttinget 2015/2016 Studenttinget 2015/2016 Sakspapir 7. møte, 16.03.16. Sak 00-15/16: Konstituering... 2 Sak 01-15/16: Godkjenning av innkalling og referat... 3 Sak 02-15/16: Godkjenning av sakliste og dagsorden... 4 Sak

Detaljer

Utfordringar og resultat Nøkkeltal Bruk av midlar Studiepoengproduksjon. Årsrapport 2004

Utfordringar og resultat Nøkkeltal Bruk av midlar Studiepoengproduksjon. Årsrapport 2004 Utfordringar og resultat Nøkkeltal Bruk av midlar Studiepoengproduksjon Årsrapport 2004 2 Utfordringar og resultat 2004 har vore eit år med store utfordringar og gode resultat for Høgskulen i Volda. Dette

Detaljer

Finnøy og Rennesøy kommunar

Finnøy og Rennesøy kommunar Kommunikasjonsplan Finnøy og Rennesøy kommunar 1 1. SKILDRING AV DEN AKTUELLE SITUASJONEN... 3 2. PROBLEMANALYSE... 3 3. MÅL... 4 3.1. KOMMUNIKASJONSMÅL... 4 4. MÅLGRUPPER... 4 5. BODSKAP... 5 6. KANALAR

Detaljer

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND 2010-2011

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND 2010-2011 STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND 2010-2011 INNHALD Strategiplan for Høgskolen i Ålesund 2010 2011 3: Innleiing 4: Visjon 5: Samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon 6: Verdiane 7: Dei overordna måla 8-12:

Detaljer

Kommunikasjonsplan Fylkesplan 2013-2016, regional plan for Møre og Romsdal

Kommunikasjonsplan Fylkesplan 2013-2016, regional plan for Møre og Romsdal Kommunikasjonsplan Fylkesplan 2013-2016, regional plan for Møre og Romsdal For å sikre ei breiast muleg deltaking i arbeidet med Fylkesplan 2013-2016 skal det utarbeidast ein kommunikasjonsplan. Mål for

Detaljer

Internasjonalisering og studentmobilitet. utdanning. Representantskapsmøte UHR. Kjell G. Pettersen avdelingsdirektør

Internasjonalisering og studentmobilitet. utdanning. Representantskapsmøte UHR. Kjell G. Pettersen avdelingsdirektør Internasjonalisering og studentmobilitet som bidrag til kvalitetsutvikling i høyere utdanning Representantskapsmøte UHR Høgskolen i Molde, 24. mai 2012 Kjell G. Pettersen avdelingsdirektør 1 Hva er kvalitet?

Detaljer

Team Hareid Trygg Heime

Team Hareid Trygg Heime Team Hareid Trygg Heime Hareid i fugleperspektiv fotografert frå Holstad-heia. Hareid er ein kystkommune med litt i overkant av 5000 innbyggarar. I areal er det ei lita kommune, med kommunesenteret Hareid,

Detaljer

Strategi for kompetanseutvikling 2014-2018

Strategi for kompetanseutvikling 2014-2018 Strategi for kompetanseutvikling 2014-2018 Kompetanseutvikling og kvalitet i opplæringa Etter opplæringslova ( 10-8) har skoleeigar ansvar for å ha riktig og nødvendig kompetanse i verksemda. Skoleeigaren

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

AVTALE OM MUSIKKSAMARBEID NOREG KINA 2013

AVTALE OM MUSIKKSAMARBEID NOREG KINA 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201209179-1 Arkivnr. 643 Saksh. Skaar, Ronny B. Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 13.11.2012 21.11.2012-22.11.2012 AVTALE

Detaljer

IMKS STRATEGISKE TILTAK

IMKS STRATEGISKE TILTAK Institutt for medier og kommunikasjon Det humanistiske fakultet IMKS STRATEGISKE TILTAK 2013-2015 VEDTATT AV INSTITUTTSTYRET 12.3.2013 ET GRENSESPRENGENDE UNIVERSITET UiO2020: Universitetet i Oslo skal

Detaljer

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune forretningsidé forretningsmodell - forretningsplan Sogn og Fjordane Fylkeskommune i samarbeid med Viaduct og Mentor AS Innleiing... 3 Samling 1: Forretningsideen

Detaljer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL

Detaljer

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark Innhald 1. Mål og rammer... 3 1.1 Bakgrunn... 3 1.2 Rammer... 3 2. Omfang og avgrensing... 3 2.1 Oppgåvedefinisjon... 3 2.2 Avgrensing... 3 2.3 Organisering...

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR INTERNASJONALISERING HØGSKULEN I VOLDA. Vedtatt av Styret for Høgskulen i Volda sak 20/09

HANDLINGSPLAN FOR INTERNASJONALISERING HØGSKULEN I VOLDA. Vedtatt av Styret for Høgskulen i Volda sak 20/09 HANDLINGSPLAN FOR INTERNASJONALISERING 2009-2011 HØGSKULEN I VOLDA Vedtatt av Styret for Høgskulen i Volda 04.06.09 sak 20/09 1 Innleiing Internasjonalisering er eit sentralt element i norsk utdanningspolitikk.

Detaljer

Saksframstilling. Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: 026. 10/12 Sogn regionråd 20.04.2012. Saksframlegg

Saksframstilling. Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: 026. 10/12 Sogn regionråd 20.04.2012. Saksframlegg Vedlegg 1 Saksframstilling Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: 026 Saksnr.: Utval Møtedato 10/12 Sogn regionråd 20.04.2012 Saksframlegg Sakshandsamar: Karina Nerland Arkiv: 026 Arkivsaksnr.:

Detaljer

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar

Detaljer

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret Møtereferat samarbeidsutvalet (SU) ved Leirvik skule, 7.april 2015 Tilstades: Jan Reinemo (folkevalt), Elin Katrine Dale Andersen (FAU), Rannveig Gramstad (FAU), Hildegunn Eskeland (lærar), Marit S. Grimstad

Detaljer

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Søknad om vidareføring av prosjektet Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Prosjektansvarleg: Gro Jensen Gjerde, Samarbeidsrådet for Sunnhordland Prosjektleiar: Trond Haga, Kværner

Detaljer