SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN"

Transkript

1 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: Samarbeidsavtale om felles barnevernteneste Sogn barnevern Sogn barnevern framlegg til budsjett drift for , og fordeling av kostnader der Balestrand kommune er med. Referat frå møte og Notat oppsummering frå møte med Høyanger kommune 08.12,2011. E-post vedk utgreiing av felles barnevern i SIS, SAKSOPPLYSNINGAR Status for barnevernstenesta Barneverntenesta i Balestrand kommune er i dag på 1,5 årsverk. Det er 1,0 årsverk som barnevernsleiar og 0,5 årsverk som barnevernkonsulent. Kontoret er ei sjølvstendig eining og er lokalisert på rådhuset som og har då ansvar for å handtere dei sakene som gjeld Balestrand kommune. Pr i dag har kontoret kring 20 opne saker. I tillegg til bruk av eigen kompetanse og kapasitet vert det nytta bistand frå private/advokat i einskilde saker. Slik bistand må kommunen betale for. Ut over dette har barneverntilsette fagleg vegleiing frå BUF-etat som er den statlege delen av barnevernet. Fylkesmannen er tilsyns- og klageinstans. I tillegg skal barnevernet samarbeide med andre instansar i kommunen som jobbar med tilgrensande fagområde, samt delta i BUT-teamet. Sidan i haust har personalsituasjonen vore krevjande. Sidan september 2010 har barnevernleiar vore heilt eller dels sjukemeld. I denne perioden har det vore variabel dekking av personalressursar på kontoret både med omsyn på kompetanse og kapasitet. Barnevernleiar har no gjeve melding til arbeidsgjevar om at situasjonen framover truleg vil vere full eller nesten full sjukemelding fram til sommaren, og då med overgang til svangerskapspermisjon. Det er ut over dette tilsett assistent i 0,5 stilling som vikariat fram til Då vil ny assistent etter planen ta til i 0,5 fast stilling etter tidlegare tilsetjingsvedtak. For å oppsummere kort har denne situasjonen gjort til at kontoret har hatt utfordringar med å følgje opp saker på ein god måte og innanfor dei fristar som er sette. Ein har heller ikkje klart å gjennomføre overgang til sakshandsamingsprogrammet Familia som føresett i inngått kontrakt. Hovudfokus i eit kortsiktig perspektiv, og fram til konklusjon i denne saka, er å ta vare på dei tilsette som er att på best mogeleg måte, handsame dei viktigaste sakene og ha ein beredskap for nye potensielle kritiske situasjonar som krev umiddelbar handling.

2 Alternative løysingar Den situasjonen Balestrand kommune har vore i, og dels er i framleis, gjer at ein finn det naudsynt å ta opp til politisk drøfting organisering og innretning av barneverntenesta. Saka har også vore drøfta i formannskapet som har bede om slik sak til politisk handsaming. Slik situasjonen er i Balestrand kommune og nabokommunane ser det ut til at Balestrand kommune har følgjande alternative løysingar for framtidig drift av barnevernstenesta: 1. Halde fram med eige kontor 2. Gå inn i Sogn barnevern 3. Gå inn i utgreiingssamarbeid med kommunane Førde, Flora, Naustdal, Jølster, Gaular og Høyanger Det er i det følgjande sett opp faktaopplysningar så langt ein kjenner dei og gjort ei vurdering for kvart einskild alternativ: 1. Halde fram med eige kontor Det vert vist til innleiande skildring av status for kontoret. Det er her gjort greie for stillingsressursar, instansar kontoret samarbeider med og den særskilde situasjonen som har vore den siste tida med ustabile tilhøve på personalsida. Det er budsjettert med eit driftsbudsjett på kr i I tillegg kjem kostnader med konkrete tiltak i heim og utanfor heim. Kostnadene med drift av kontoret har dei siste åra vore ein del høgre enn budsjettert, samt at dei varierer ein del få år til år. Dette skuldast mellom anna auka bruk av advokatbistand og kjøp av tenester frå private: Rekneskapstal for netto kostnad Erfaringane siste år har vist at det har vore vanskeleg å rekruttere fagpersonar med tilstrekkeleg kompetanse og erfaring til å drifte eit lite sjølvstendig barnevernkontor. Det kan sjølvsagt gå ut over kvaliteten i oppfølging av konkrete saker. Barneverntenesta er også ei teneste som må vere løpande tilgjengeleg. Dette både på grunn av tidsfristar ved oppfølging av saker som er opne, og ikkje minst at kontoret må vere tilgjengeleg dersom krisesituasjonar innan barnevernet sitt ansvarsområde oppstår. Med berre to tilsette vert det ikkje til å komme forbi at dette kan bli sårbart, og at det kan oppstå situasjonar der kommunen ikkje kan stille med barneverntenester i det heile. Erfaringane frå dei siste månadene har vist dette. Kommunen har i dag heller ikkje avtale med andre barnevernkontor som kan bistå ved slike høve. Vel ein å gå vidare som eige kontor må ein slik fast samarbeidsavtale bli etablert, og det bør og bli vurdert om det bør vere tre tilsette i staden for to i kontoret, både for å skape eit breiare fagmiljø og ei meir robust eining. Kostnadene med å drive eit eige kontor har vore vesentleg høgre enn føresett dei siste åra. Dette heng saman med at mangel på kompetanse og kapasitet har ført til at ein har måtte kjøpe dyre tenester frå private. Ut i frå personellsituasjonen er det all grunn til å tru at nivået også i åra som kjem vil ligge over budsjett og meir i tråd med rekneskapstala dei siste åra.

3 2. Gå inn i Sogn barnevern Sogn barnevern er ein etablert regional barnevernteneste for kommunane Leikanger, Luster, og Sogndal kommunar etter vertskommunemodellen. Sogndal kommune er vertskommune. Det er laga ein samarbeidsavtale som set rammer for organisasjonsmodellen, mynde, økonomi, rapportering, arkiv og IKT, avtaleperiode, oppseiing og tvistar. Det vert vist til denne avtalen (vedlegg). Som det går fram av denne kan dei andre kommunane i regionrådet slutte seg til ordninga på eit seinare tidspunkt eller kjøpe tenester frå vertskommunen. Rådmannen i Vik kommune har opplyst at Vik kommune i løpet av året også vil ta stilling til å gå inn i Sogn barnevern. Deltakarkommunane gjennomfører no ei evaluering av samarbeidet. Det vert vist til referat frå møte og mellom rådmenn i deltakarkommunane og tenesteleiar for barn og unge i vertskommunen (vedlegg). Så langt ser det ut som deltakarkommunane gjennomgåande er godt nøgde. Det er i tillegg sett i gang ein eigen forvaltningsrevisjon, samt at det vert lagt opp til ei intern evaluering som vert politisk handsama i deltakarkommunane løpet av mars/april. Så langt ein får tilgang til desse vurderingane vil dei bli lagt fram i samband med denne saka. Vel Balestrand kommune å gå inn i Sogn barnevern vil dei tilsette følgje med og bli tilsett i ny verstkommune som ved verksemdsoverdraging. På bakgrunn av tal tilsette og avløning av desse, har vi fått eit oppsett over kostnader med å vere med i Sogn barnevern (vedlegg). Denne viser at Balestrand kommune ville få ein basiskostnad på ca kr for heile I tilegg må kommunen betale for alle reiser i samband med klientbesøk i Balestrand. Desse vil bli samla opp til einskilde dagar. På den andre sida vil ein få leigeinntekter for kontor som vert stilt til disposisjon for Sogn barnevern her på rådhuset. For Balestrand vil med andre ord kostnadene ligge om lag på same nivå eller litt i overkant av det som er budsjettert for I motsetning til Balestrand nytter Sogn barnevern erfaringsmessig lite kostnader til privat bistand, då dei har bygd opp eigen kompetanse til også å handtere meir komplekse saker. Slik sett vil ein fort unngå dei ikkje budsjetterte ekstrakostnadene som erfaringsvis har kome i Balestrand dei siste åra. Alle kostnader med konkrete tiltak i og utanfor heim, kjem i tilegg slik som det også er i dag når vi har eige barnevernkontor. Sogn barnevern har også kjøpt inn og etablert Familia som sakshandsamingsprogram for barnevernet. Dette gjer at ein enkelt kan etablere ein del av databasen i Sogn barnevern sitt system for Balestrand sine saker, innanfor den kontrakten Balestrand kommune allereie har inngått og betalt for. Dersom Balestrand kommune gjer vedtak i løpet av mars om å gå inn i Sogn barnevern vil vi kunne ha etablert ordninga innan Sogn barnevern er eit barnevernkontor som er etablert og som har funne ei form. Sjølv om eigarkommunane er midt inne i ein evalueringsprosess, er signala så langt positive til samarbeidet. Kontoret er robust og handterer ansvaret kommunane har på området til ein kvar tid. Det vert trekt fram som ein fordel at ein kan drøfte og samarbeide om saker i eit større fagmiljø. Det kan også vere ein fordel i konkrete saker at ein kan skifte sakshandsamar dersom forholdet mellom ein sakshandsamar og ein familie fungerer dårleg eller at relasjonane blir for nære. Økonomisk ser det ut til at kostnadene for Balestrand kommune vert om lag på same nivå som budsjettert i Dette er ein del mindre enn dei faktiske kostnadene Balestrand kommune har hatt dei siste åra. Skal kommunen halde fram med eige kontor, må vi nok pårekne ein del slike uføresett kostnader også i tida som kjem, alternativt vurdere ytterlegare bemanning for å gjere kontoret meir robust i seg sjølv.

4 3. Gå inn i utgreiingssamarbeid med kommunane Førde, Flora, Naustdal, Jølster, Gaular og Høyanger Rådmannen i Balestrand hadde møte med representantar for Høyanger kommune om mogeleg samarbeid om barneverntenestene. Det vert vist til vedlagt notat der det frå Høyanger kommune si side ikkje var sett som aktuelt med felles barnevernteneste, men skissert ei form for samarbeidsavtale der Gaular kommune om mogeleg også kunne inngå. Etter det ein kjenner til har Høyanger kommune no slutta seg til eit utgreiingsprosjekt om interkommunalt barnevern mellom SIS-kommunane; Førde, Flora, Naustdal, Jølster og Gaular. Det er opna for at Balestrand kommune også kan inngå i dette utgreiingsarbeidet. Pr i dag har ein frå Balestrand kommune ikkje teke stilling til dette, men ser det som ei naturleg at dette vert avklart i denne saka. Utgreiingsarbeidet er i følgje Kjell Skaflestad i Naustdal kommune som har fått eit koordineringsansvar, no i heilt i startfasen. Prosjektet vil, føresett at dei får prosjektstøtte frå fylkesmannen, etter planen bli gjennomført med ei kartlegging av situasjonen i barnevernkontora i første halvdel av Det er vidare lagt opp at det i løpet av hausten 2011 vil bli vurdert ulike modellar og omfang for eit eventuelt samarbeid. Dei einskilde kommunane vil etter dette ta stilling til om, og korleis, eit samarbeid eller interkommunal løysing skal etablerast. Det er ikkje fastsett nokon tidsplan for oppstart av eit slikt nytt samarbeid eller interkommunalt barnevernkontor. Då utgreiingsarbeidet er i ein tidleg fase er det naturleg nok lite som er konkret og avklart på noverande tidspunkt. Dette gjeld både omfang og form og kostnader med samarbeidet. Det kan derimot kanskje vere grunn til å tru at dette barnevernkontoret ikkje vil bli vesentleg forskjellig frå Sogn barnevern dersom det først vert etablert ei samarbeidsløysing. Føreset ein at dette barnevernkontoret vert etablert med base i Førde, kan ein ikkje sjå at det vil vere korkje store fordelar eller ulemper med å vere med i eit interkommunalt barnevernkontor her, sett opp i mot Sogn barnevern. Det vil i alle høve vere ei tid fram før eit samarbeid eller interkommunalt barnevernkontor i denne regionen er etablert. Dette vi bety at Balestrand kommune må handtere ein situasjon med eige barnevernkontor minimum 1-2 år fram i tid. Dette er noko ein vurderer som uheldig og som fort kan bli ein kritisk utfordring for kommunen. Vi må då også etablere det nye sakshandsamingsprogrammet Familia på eigenhand, med oppbygging av eigen ny database og opplæring av dei tilsette. VURDERING Samla sett vurderer ein situasjonen slik at Balestrand kommune har for store utfordringar, og at det er for stor risiko, med å drifte barneverntenesta som eige kontor slik det er lagt opp i dag. Skal vi gå vidare med eige kontor bør vi styrke bemanninga og etablere samarbeidsavtale som sikrar ei meir robust drift. Ei interkommunal løysing har nokre mindre ulemper med avstand og tilgjenge, men har mange fordelar med omsyn på fagleg kvalitet og robust drift. Så langt ser ein berre Sogn barnevern som eit reelt alternativ til ei interkommunal løysing. Ein vil difor tilrå at Balestrand kommune gjer vedtak om å slutte seg til Sogn barnevern no. Dersom det skulle vise seg at dette ikkje svarer til forventningane, er det ikkje verre enn at Balestrand kommune kan gå ut av samarbeidet i Sogn barnevern, og eventuelt gå inn i eit anna samarbeid i Sunnfjord om det skulle framstå som eit betre og meir naturleg alternativ på sikt.

5 Rådmannen si tilråding Balestrand kommune sluttar seg til samarbeidsavtalen mellom kommunane Leikanger, Luster og Sogndal om felles barnevernteneste etter vertskommunemodellen og går med dette inn deltakar i samarbeidet med Sogn barnevern. Balestrand kommunestyre gjev rådmannen fullmakt til å vidaredelegere mynde etter Lov om barneverntenester som ligg til kommunen til Sogn barnevern frå det tidspunkt kommunen inngår i samarbeidet. Rådmannen får vidare fullmakt til å inngå avtalen og gjennomføre alle praktiske sider ved verkesmdsoverdraginga.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/11 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/11 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG Møtestad: Rådhuset Møtedato: 08.03.2011 Tid: 12.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/11 10/881

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1 Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing TILRÅDING: Saka blir lagt fram utan tilråding frå administrasjonen.

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 06/482

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 06/482 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 06/482 Arkiv: F00 ARBEIDS- OG VELFERDSKONTOR I BALESTRAND KOMMUNE - MÅL, INNHALD OG FRAMDRIFTSPLAN Vedlegg: Bakgrunn: Sak 3/07 i utval for oppvekst

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkivsaksnr.: 07/2570

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkivsaksnr.: 07/2570 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkivsaksnr.: 07/2570 Arkiv: F40 Regionalt barnevern - høyring Tilråding: 1. Sogndal kommune ønskjer at det vert etablert ei vertskommuneløysing i høve barnevernet.

Detaljer

Fylkesmannen har løyvd kr 1 040 000 av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Fylkesmannen har løyvd kr 1 040 000 av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar. Sogn regionråd FELLES UTGREIING OM KOMMUNEREFORMA - STATUS Kommunane i Sogn regionråd gjennomfører ei felles utgreiing som skal gje kommunane eit grunnlag for å ta stilling til ev. kommunesamanslåing med

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: rådhuset Møtedato: 27.11.2007 Tid: 12.30

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: rådhuset Møtedato: 27.11.2007 Tid: 12.30 MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: rådhuset Møtedato: 27.11.2007 Tid: 12.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 41/07 07/1384

Detaljer

Interkommunalt samhandlingsprosjekt Sunnfjord og Ytre Sogn

Interkommunalt samhandlingsprosjekt Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunalt samhandlingsprosjekt Sunnfjord og Ytre Sogn Samarbeidande kommunar Dykkar referanse: Sakshandsamar: Øystein Høyvik Tlf. 57612650 Vår referanse: 13/2466-2-ØH-&85 Dato: 25.11.2013 Etablering

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN Os kommune Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Luranetunet Møtedato: 26.10.2004 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING

Detaljer

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD - Tilleggsakliste Kultur- og ressursutvalet Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD TILLEGGSAKLISTE - Kultur- og ressursutvalet... 2 Tilskot til utgreiing av lokalisering av Hordaland

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: 024 G00 &01 Arkivsaksnr.: 11/808-2. Rammeavtale for samhandling mellom kommunane og Helse Førde

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: 024 G00 &01 Arkivsaksnr.: 11/808-2. Rammeavtale for samhandling mellom kommunane og Helse Førde SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: 024 G00 &01 Arkivsaksnr.: 11/808-2 Rammeavtale for samhandling mellom kommunane og Helse Førde TILRÅDING: Leikanger kommune har ikkje merknader til framlegget

Detaljer

BUDSJETT 2013 - KONTROLLORGAN

BUDSJETT 2013 - KONTROLLORGAN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Sekretariat for kontrollutvalet Arkivsak 201202903-10 Arkivnr. 111 Saksh. Breistein, Roald Saksgang Møtedato Kontrollutvalet 23.08.2012 BUDSJETT 2013 - KONTROLLORGAN SAMANDRAG 1.

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32 Kjøp av husvære Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: Behov for kommunale husvære for vidare utleige SAKSOPPLYSNINGAR Behov Kommunstyret

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 09/1016

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 09/1016 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 09/1016 SAMARBEID OM BRANN- OG REDNINGSTENESTE - DELTAKING I SOGN BRANN OG REDNING IKS Vedlegg: Prosjektrapport av 20.05.10 Bakgrunn: Forprosjektrapport

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 08/768-1

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 08/768-1 SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 08/768-1 Kraftfondet - alternativ plassering TILRÅDING: Kommunestyret vedtek å la kapitalen til kraftfondet stå i ro inntil vidare

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Møtedato: 24.09.2014 Møtetid: Kl. 13:00 15.30. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Møtedato: 24.09.2014 Møtetid: Kl. 13:00 15.30. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti Kontrollutvalet i Lærdal kommune Møtedato: 24.09.2014 Møtetid: Kl. 13:00 15.30. Møtestad: Rådhuset Saksnr.: 14/14 17/14 Møtebok Følgjande medlem møtte Olav Grøttebø Siv Rysjedal Guri Olsen Kari Blåflat

Detaljer

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen» Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen» - Og skisser til mogeleg opprusting Status Bygget er eit eldre bygg bygd midt på 1960-talet. Bygget framstår i hovudtrekk slik det var bygd. Det er gjort nokre endringar

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding: Saksframlegg Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1 Retningslinjer for uønska deltid * Tilråding: Administrasjonsutvalet vedtek retningslinjer for å handsame uønska deltid, dagsett.11.02.2010.

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: rådhuset Møtedato: 24.08.2010 Tid: 12.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596

Detaljer

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal. Notat Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i. Dette notatet kan vera eit diskusjonsgrunnlag for vurdering av fordeling av utgifter til husleige og drift i interkommunale samarbeid. Oversikt

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester 31.01.13 Særavtale mellom Sogndal kommune og Helse Førde HF Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester Avtale om svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester 1. Partar Avtalen er inngått mellom

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968 Kommunale utleigebustader - Status Gaupne og bygging Indre Hafslo og Veitastrond. Rådmannen si tilråding: 1)Kommunestyret har ikkje

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding: SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229 Arkiv: 631 A2 IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster Rådmannen si tilråding: 1. Luster kommunestyre vedtek, med tilvising

Detaljer

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering Sogn Lokalmedisinske senter Status organisering prosess etablering Oppstart fase 2 jan 2013 Nokre rammer Kommunane yte best mulege tenester til innbyggarane våre Folkemengd og folkestruktur avgjerande

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2 SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2 Prosjekt Sogn lokalmedisinske senter, Lærdal. Rapport forstudie og vidareføring TILRÅDING: Leikanger kommunestyre gjer

Detaljer

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Hovudutval for plan og næring Side 1 av 5 Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen vil ikkje engasjere

Detaljer

To kommuner - eitt kontor

To kommuner - eitt kontor Oslo Kongressenter, 13. april -15 To kommuner - eitt kontor Samanslåing av NAV Volda og NAV Ørsta Eit døme på partnerskapet i praksis Eli Grøtta, NAV-leiar NAV Ørsta/Volda NAV på bedringens veg! NAV, 16.04.2015

Detaljer

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418 Vaksdal kommune SAKSFRAMLEGG Saksnr: Utval: Dato Formannskap/plan- og økonomiutvalet Kommunestyret Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418 Revisjon av retningsliner

Detaljer

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post Kvinnheerrad kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 11.09.12 Kl.: 09.30 14.00 Stad: Møterom Samfunnskroken Saknr.: 28/12 35/12 MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H) DESSE MØTTE Frøydis Fjellhaugen (Ap) Sigmund

Detaljer

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT Presentasjon Politisk dag 12.11.13 ved omsorgstenesta Elisabeth Norman Leversund & Anja Korneliussen BAKGRUNN FOR ORDNINGA OG LOVHEIMEL Ideane bak ordninga kjem frå independent

Detaljer

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Kontrollutvalet i Suldal kommune Kontrollutvalet i Suldal kommune KONTROLLUTVAL ET SI ÅRSMELDING FOR 2010 1. INNLEIING Kapittel 12 i kommunelova omtalar internt tilsyn og kontroll. Kommunestyret sjølv har det øvste tilsynet med den kommunale

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 11.03.2015 Tid: 09.00

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 11.03.2015 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 11.03.2015 Tid: 09.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 1/15 15/194 Periodevis

Detaljer

26/10 Godkjenning av protokoll frå møte 23.04.10 og telefonmøter 06.05.10 og 19.05.10

26/10 Godkjenning av protokoll frå møte 23.04.10 og telefonmøter 06.05.10 og 19.05.10 Tyssneess kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 10.09.10 Kl.: 10.00 12.00 Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 25/10 31/10 MØTELEIAR Kjetil Hestad (Ap) DESSE MØTTE John Martin Dale (T) FORFALL Britt

Detaljer

Sogn lokalmedisinske senter

Sogn lokalmedisinske senter Sogn lokalmedisinske senter Felles formannskapsmøte 5. september 2014 Vidar Roseth prosjektleiar Margun Thue - prosjektmedarbeidar Føremålet med Sogn lokalmedisinske senter Helsetilbod som held høg kvalitet

Detaljer

Saknummer Utval Møtedato 6/09 Formannskapet 05.02.2009

Saknummer Utval Møtedato 6/09 Formannskapet 05.02.2009 Arkivsak: 09/114 Løpenummer: 10186/09 Arkivkode: 033&17 Saksbehandlar: Harald Haugejorden Saknummer Utval Møtedato 6/09 Formannskapet 05.02.2009 SKRIV OG MELDINGAR Formannskapet har endeleg avgjerdsmynde

Detaljer

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG Møtestad: Rådhuset Møtedato: 10.09.2013 Tid: 16.30 Kl. 1630-1700: Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang Varamedlemmer

Detaljer

Saksframstilling. Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: 026. 10/12 Sogn regionråd 20.04.2012. Saksframlegg

Saksframstilling. Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: 026. 10/12 Sogn regionråd 20.04.2012. Saksframlegg Vedlegg 1 Saksframstilling Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: 026 Saksnr.: Utval Møtedato 10/12 Sogn regionråd 20.04.2012 Saksframlegg Sakshandsamar: Karina Nerland Arkiv: 026 Arkivsaksnr.:

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 81/08 08/440 PORTEFØLJESTATUS JUNI 2008 960

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 81/08 08/440 PORTEFØLJESTATUS JUNI 2008 960 OS KOMMUNE Organisasjonseining Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 26.08.2008 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Forfall: Nils-Olav Nøss (Ap) Vara som møter: Norvald Skåtøy (Ap) SAKLISTE

Detaljer

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG Møtestad: rådhuset Møtedato: 01.04.2009 Tid: 15.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 4/09 09/254

Detaljer

MASFJORDEN KOMMUNE. Vedtaksprotokoll for Formannskapet

MASFJORDEN KOMMUNE. Vedtaksprotokoll for Formannskapet Vedtaksprotokoll Masfjorden formannskap Møte nr 7, den 22.10.2013 Side 1 av 14 MASFJORDEN KOMMUNE Vedtaksprotokoll for Formannskapet Den 22.10.2013 kl 114.30 ca. 18.00, heldt Formannskapet møte på Kommunehuset.

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 21.03.2013 Tid: 09.00

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 21.03.2013 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset : 21.03.2013 Tid: 09.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 09/809

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 09/809 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 09/809 Arkiv: F31 MOTTAK OG BUSETTING AV FLYKTNINGAR Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: SAKSOPPLYSNINGAR Behovet for busetting av flyktningar i Norge Det

Detaljer

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre Arkiv: K1-002 Vår ref: 2014000344-45 Journalpostid: 2015018302 Saksbeh.: Elin Wetås de Jara KOMMUNEREFORMA - VIDARE FRAMDRIFT Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre Framlegg

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

Rapport. Arbeidsgruppe sparepakke 3 Administrasjon

Rapport. Arbeidsgruppe sparepakke 3 Administrasjon Rapport Arbeidsgruppe sparepakke 3 Administrasjon 25.03.2015 1 1. Innleiing Rapporten omhandlar arbeidet i arbeidsgruppa Sparepakke 3 Administrasjon som har vurdert mulige innsparingar i administrasjonen,

Detaljer

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar Kommunane Kommunane v/leiar i ungdomsråd Kommunane v/ungdomsarbeidar/kulturarbeidar Sakshandsamar: Bente Sønsthagen E-post: Bente.Sonsthagen@sfj.no Tlf: 57 65 61 53 Vår ref. Sak nr.: 10/538-1 Gje alltid

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015. Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015. Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte: Vår ref. 15/537-2 033 /KASB Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015 Tokke kommune - kontrollutvalet Det vert med dette kalla inn til møte: Dato: 11.05.2015 Tid: kl 10.00 12.00 Sted: Møterom Kultur,

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE OS KOMMUNE Organisasjonseining Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Os Sjukeheim, gamal del Møtedato: 30.05.2006 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2014/2350-21542/2014 Sakshandsamar: Grethe Bergsvik Dato: 09.10.2014 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Drøftingssak - Eigarskapsmelding 2015 Samandrag

Detaljer

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: 09.12.2013 Kl.: 12.00 14.45 Stad: Formannskapsalen Saknr.: 36/13 43/13

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: 09.12.2013 Kl.: 12.00 14.45 Stad: Formannskapsalen Saknr.: 36/13 43/13 Sttorrd kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 09.12.2013 Kl.: 12.00 14.45 Stad: Formannskapsalen Saknr.: 36/13 43/13 MØTELEIAR Johan Inge Særsten (Frp) DESSE MØTTE Wilhelm Engelsen (Ap) Jens Arne

Detaljer

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING DRIFTSTILPASSINGI ØYGARDEN PROSESSAR VEDK ENDRINGAR I AREIDSTILHØVE Dok.ref. 13/430-2/K1-031//JOM Dato: 06.05.2013 SKISSE TIL: AVTALE MELLOM ØYGARDEN KOMMUNE OG ARBEIDSTAKARORGANISASJONANE: SPELEREGLAR

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/435 DELTAKING I FELLES KOMMUNAL OPPREISINGSORDNING I SOGN OG FJORDANE

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/435 DELTAKING I FELLES KOMMUNAL OPPREISINGSORDNING I SOGN OG FJORDANE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/435 DELTAKING I FELLES KOMMUNAL OPPREISINGSORDNING I SOGN OG FJORDANE... Sett inn saksutredningen under denne linja Vedlegg: Bakgrunn:

Detaljer

Med god informasjon i bagasjen

Med god informasjon i bagasjen Evaluering av pasientinformasjon Med god informasjon i bagasjen Johan Barstad Lærings og meistringssenteret Helse Sunnmøre HF SAMAN om OPP Hotell Britannia, Trondheim 18. Februar 2010 Sunnmørsposten, 08.02.10

Detaljer

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID SAK 04/12 SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID Saksopplysning Kommunane i Hallingdal søkjer i brev dat. 2.9.2011 om tilskot til regionalt plansamarbeid. Målet er å styrke lokal plankompetanse gjennom

Detaljer

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå august 2015 1. BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barn med nedsett funksjonsevne kan ha trong for særleg tilrettelegging av fysiske og personalmessige

Detaljer

Arkivsak Arkivkode Dato 13/2147 151 13.12.2013

Arkivsak Arkivkode Dato 13/2147 151 13.12.2013 Luster kommune Notat Til: Kommunestyret Frå: Rådmann Jarle Skartun Kopi: Arkivsak Arkivkode Dato 13/2147 151 13.12.2013 Sak: Kjøkkenorganisering Bakgrunn Formannskapet bad i møte onsdag 11. desember om

Detaljer

Saman for framtida (Ref #1308123944304)

Saman for framtida (Ref #1308123944304) Saman for framtida (Ref #1308123944304) Søknadssum: 400000 Kategori: Samarbeid Varighet: Toårig Opplysninger om søker Organisasjonsnavn / nr Sogn og Fjordane fylkesbibliotek / 974570971 Postboks 144 6800

Detaljer

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek. Bygland kommune Arkiv: 151 Saksmappe: 2014/680 Sakshandsamar: Frantz Are Nilsen Dato: 05.11.2014 Saksframlegg Utv.saksnr Utvalg Møtedato 33/14 Vilt- og fiskenemnd 11.11.2014 17/14 Rådet for eldre og funksjonshemma

Detaljer

MØTEBOK. 17/11 Formannskapet 19.05.2011 32/11 Formannskapet 08.09.2011 24/11 Kommunestyret 15.09.2011

MØTEBOK. 17/11 Formannskapet 19.05.2011 32/11 Formannskapet 08.09.2011 24/11 Kommunestyret 15.09.2011 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 17/11 Formannskapet 19.05.2011 32/11 Formannskapet 08.09.2011 24/11 Kommunestyret 15.09.2011 Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkivsaknr.: 09/1162 Arkiv: L12 PROTOKOLL: REGULERINGSPLAN

Detaljer

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg. Interkontrollhandbok Side: 1 av 5 1. FORMÅL Føremålet med dette kapitlet er å kvalitetssikra oppfølginga av tilsette som vert sjukmelde. Kapitlet gjev derfor oversikt over kva rutinar som skal følgjast

Detaljer

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd Servicetorgsjefen Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet postmottak@bld.dep.no Dykkar ref. Vår ref. Saksh. tlf. Dato 2014/2792-2652/2015 Unni Rygg - 55097155 05.02.2015 Høyringsuttale - Tolking

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkiv: M74 Arkivsaksnr.: 12/1269

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkiv: M74 Arkivsaksnr.: 12/1269 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkiv: M74 Arkivsaksnr.: 12/1269 Ny brannordning Rådmannen si tilråding: ::: Sett inn innstillingen under denne linja Kommunestyre godkjenner ny brannordning

Detaljer

Vurdering av allianse og alternativ

Vurdering av allianse og alternativ Leiinga Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda postmottak@hivolda.no www.hivolda.no

Detaljer

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak 201011409-3 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 23.02.2011-24.02.2011

Detaljer

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT Radøy kommune KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT Møtedato: 10.02.2015 Stad: Kommunehuset Kl.: 09.00 12.35 Tilstades: Arild Tveranger leiar, Astrid Nordanger nestleiar, Jan Tore Hvidsten, Oddmund

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE Vedteke i kommunestyre 20.06.2013 1 Drift: Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift. Barnehagane skal drivast

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 18/09 09/564 PROTOKOLL: MØTEPLAN FOR 2. HALVÅR 2009

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 18/09 09/564 PROTOKOLL: MØTEPLAN FOR 2. HALVÅR 2009 MØTEINNKALLING Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: rådhuset Møtedato: 18.06.2009 Tid: 16.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 18/09 09/564 PROTOKOLL: MØTEPLAN

Detaljer

Oversyn over økonomiplanperioden 2011 2014

Oversyn over økonomiplanperioden 2011 2014 - perla ved Sognefjorden - Oversyn over økonomiplanperioden 2011 2014 Arbeidsgrunnlag 06.10.10 Rådmannen Oversyn over økonomiplanperioden Rådmannen sitt arbeidsgrunnlag 06.10.10 Rekneskap Budsj(end) Budsjett

Detaljer

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 16.01.2015 SAKSHANDSAMAR: Baard-Christian Schem SAKA GJELD: Differensierte ventetider ARKIVSAK: 2015/1407/ STYRESAK: 012/15 STYREMØTE: 04.02.

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Tore Eriksen Arkivsaksnr.: 10/1563

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Tore Eriksen Arkivsaksnr.: 10/1563 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Tore Eriksen Arkivsaksnr.: 10/1563 Arkiv: F40 Etablering av mellombels felles kommunal oppreisingsordning i Sogn og Fjordane for omsorgssvikt/overgrep mot barn under kommunal

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 18/08 08/60 KOMMUNAL GARANTI FOR LÅN - SØRE ØYANE NATURBARNEHAGE

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 18/08 08/60 KOMMUNAL GARANTI FOR LÅN - SØRE ØYANE NATURBARNEHAGE OS KOMMUNE Organisasjonseining Utval: OS KOMMUNESTYRE Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 12.02.2008 Tid: 17.00 MØTEINNKALLING Forfall: Ingrid Netland (Sp) Sigurd Laugen (Tvs) Eirik Neverdal (Tvs) Haldor

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32 Saksframlegg Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32 Christian Frøyd - Søknad om oppføring av ny garasje og fasadeendring, gbnr. 21/48 -Ny handsaming. * Tilråding: Forvaltningsutvalet

Detaljer

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE. 2004 2007, vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, 15.01.04. for

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE. 2004 2007, vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, 15.01.04. for Gol kommune Arkivkode Vår ref. Dykkar ref. Dato 400 04/00137-001 - AKV 16.01.04 ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM for GOL KOMMUNE 2000 2003, vedteke i Kommunestyret, sak 0051/00, 24.10.00 2004 2007, vedteke

Detaljer

Styresak. 14.05.14 Anne Hilde Bjøntegård Verksemdoverdraging Eidfjord ambulansestasjon

Styresak. 14.05.14 Anne Hilde Bjøntegård Verksemdoverdraging Eidfjord ambulansestasjon Styresak Går til: Føretak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Styremedlemmer Helse Fonna HF 14.05.14 Anne Hilde Bjøntegård Verksemdoverdraging Eidfjord ambulansestasjon Arkivsak 63/13 96/13 O 28/14 A Styresak

Detaljer

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg Framlegg til vedtak frå fylkesrådmannen: 1. Følgjande reglar skal gjelde for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg,

Detaljer

Saman for framtida (Ref #1318510063720)

Saman for framtida (Ref #1318510063720) Saman for framtida (Ref #1318510063720) Søknadssum: 470000 Kategori: Samarbeid Varighet: Toårig Opplysningar om søkjar Organisasjonsnavn/nr Sogn og Fjordane fylkesbibliotek / 974570971 Postboks 144 6800

Detaljer

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal» Notat Til: Kopi: Frå: Kommunestyret og kontrollutvalet Arkivkode Arkivsaknr. Løpenr. Dato 216 13/1449-13 10263/15 28.01.2015 Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Detaljer

Arbeidsreglement. Tilsetjing. Arbeidsavtale. Legeattest

Arbeidsreglement. Tilsetjing. Arbeidsavtale. Legeattest Arkivkode Arkivsaknr. Løpenr. Dato 12/4098-2 112797/12 12.12.2012 Arbeidsreglement Vedteke i K.sak 95/48. Revidert av rådmannen 18.03.05. Oppdatert 01.07.10. Handsama i administrasjonsutvalet den 21.12.2012,

Detaljer

Forslag frå fylkesrådmannen

Forslag frå fylkesrådmannen TELEMARK FYLKESKOMMUNE Hovudutval for kultur Forslag frå fylkesrådmannen 1. Telemark fylkeskommune, hovudutval for kultur gir Norsk Industriarbeidarmuseum og Vest Telemark Museum ei samla tilsegn om kr

Detaljer

SELSKAPSAVTALE OM OVERGREPSMOTTAK I SOGN OG FJORDANE. oppretta etter kommunelova 27.

SELSKAPSAVTALE OM OVERGREPSMOTTAK I SOGN OG FJORDANE. oppretta etter kommunelova 27. SELSKAPSAVTALE OM OVERGREPSMOTTAK I SOGN OG FJORDANE oppretta etter kommunelova 27. 1 SELSKAPET: Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane er eit interkommunalt selskap skipa av Sunnfjord og ytre Sogn interkommunale

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 07/1522. Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne. Rådmannen si tilråding:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 07/1522. Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne. Rådmannen si tilråding: SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 07/1522 Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne Rådmannen si tilråding: Formannskapet godkjenner konkurransegrunnlaget for kjøp

Detaljer

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT Radøy kommune KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT Møtedato: 30.09.2014 Stad: Kommunehuset Kl.: 09.00 13.40 Tilstades: Astrid Nordanger nestleiar, Jan Tore Hvidsten gikk frå møte etter sak 28/14,

Detaljer

Eigarmelding. Balestrand kommune

Eigarmelding. Balestrand kommune Eigarmelding Balestrand kommune 1 Innhald: Motiv og mål med offentleg eigarskap.2 Grunnlag for godt offentleg eigarskap 2 Krav mot eigar..2 Krav retta mot selskap 3 Arbeidsformene for politisk og administrativ

Detaljer

Utrekning av stillingar og heimlar for SOGN PPT.

Utrekning av stillingar og heimlar for SOGN PPT. Utrekning av stillingar og heimlar for SOGN PPT. Dei etterfylgjande reknearka viser modellar for driftsutgiftene til eit nytt PPT kontor for deltakande kommunar i Indre Sogn. Modellane tek utgangspunkt

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: rådhuset Møtedato: 06.06.2007 Tid: Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: rådhuset Møtedato: 06.06.2007 Tid: Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling MØTEINNKALLING Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: rådhuset Møtedato: 06.06.2007 Tid: Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 16/07 07/710 MØTEPLAN FOR 2. HALVÅR

Detaljer

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule) Ny GIV (= gjennomføring i vidaregåande skule) Ny GIV Gjennomføringsbarometeret Overgangsprosjektet Oppfølgingsprosjektet Informasjon Ny GIV-heimesida Gjennomføringsbarometeret 2010-kullet frå ungdomsskulen

Detaljer

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Fra Forskrift til Opplæringslova: Fra Forskrift til Opplæringslova: 5-1. Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- /sveineprøver og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering.

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD Vedtatt av Seljord formannskap i sak 20/12, 9.2.2012. Administrativt revidert 1.september 2014 1. Eigar- og driftsforhold. Seljord kommune eig og driv barnehagane i

Detaljer

Prosjektplan Forprosjekt kommunereforma 2015 Vedteke av formannskapet 24. mars 2015

Prosjektplan Forprosjekt kommunereforma 2015 Vedteke av formannskapet 24. mars 2015 Prosjektplan Forprosjekt kommunereforma 2015 Vedteke av formannskapet 24. mars 2015 Innhold 1.0 MÅL OG RAMMER... 3 1.1 Bakgrunn... 3 1.2 Målstruktur... 3 1.2.1 Effektmål... 3 1.2.2 Resultatmål for forprosjektfase...

Detaljer