g fri lu Søknad «Årets nynorskkommune»

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "g fri lu Søknad «Årets nynorskkommune»"

Transkript

1 g fri lu Søknad «Årets nynorskkommune» Førde kommune Ei drivkraft med menneska i sentrum

2 Utlysing - "Årets nynorskkommune" i 2015 Førde kommune tek gjennom prosjektet «Nynorskkommunen» ei aktiv språkpolitisk rolle gjennom å byggje ein tydelegare nynorsk identitet i Førde kommune og i regionen. Målet har vore å etablere eit språk- og kulturprosjekt i Førde og Sunnfjord tufta på dagens nasjonale språkpolitikk om å styrkje nynorsk språk og språkkompetanse. Gjennom denne satsinga har vi starta fleire tiltak, og gjort ein særleg innsats på fleire område. Med bakgrunn i den sterke rolla nynorsken spelar i Førde og den etter kvart store kompetanseklynga vi har i kommunen for nynorsk språkbruk, søkjer Førde kommune med dette om å bli «Årets nynorskkommune» i Prisen for «Årets nynorskkommune» skal gå til vidare innsats for å nytte nynorsk medvite og aktivt. Førdianarane skal kunne kjenne seg stolte av og trygge på språket sitt. Framover vil satsingane våre særleg vere retta mot skuleverket og næringslivet. Å utvikle og etablere eit litteraturhus for regionen der det nynorske språket står sentralt i programmeringa, er i tillegg ei konkret målsetting. Søkjar Adresse Kontaktperson E-post Telefon Organisasjonsnummer NO Bankkonto Førde kommune Postboks 338, 6802 Førde (postmottak@forde.kommune.no) Kommunalsjef Trond Ueland trond.ueland@forde.kommune.no Nynorskbyen Førde Nynorsk har tradisjonelt tapt terreng i samfunn som blir meir urbane og byprega. Førde markerer seg med å skilje seg ut frå denne trenden. Vi har forsterka nynorsksatsinga og nynorskprofilen etter kvart som byen har blitt meir og meir urban. Å nytte nynorsk medvite for å styrke og markere Førde, er eit viktig og samlande identitetsmerke for Førde og regionen. Førde kommune kan godt seiast å vere ein nynorskbastion. Nynorsk er fyrstespråket for dei fleste innbyggarar, bedrifter og institusjonar i kommunen. Korleis kan vi bruke dette aktivt i utviklinga av byen og regionen kring oss? Førde kommune har i kommunedelplan kultur vedteke å etablere Førde som Nynorskbyen. Gjennom «Nynorskbyen» har vi starta fleire tiltak siste året. Prosjektet er organisert som eit flytande nettverk mellom desse aktørane:

3 Skulane i kommunen FINS (Førde Industri- og næringssamskipnad) Høgskulen i Sogn og Fjordane Nynorsk Avissenter Nynorsk mediesenter Førde bibliotek Kulturmøteplassen Pikantloftet Sogn og Fjordane fylkeskommune(fylkesbiblioteket) Førde kommune er koordinator og prosjekteigar. Kvar partnar er likevel ansvarlege for sine eigne tiltak. På det viset sikrar både at alle aktørane tek eigarskap i satsinga og at vi kan samarbeide og hjelpast åt. Dette er ei organisering som fungerer fint og som vi vil byggje vidare på. Vedlagt finn De eit oversyn over døme på tiltak som er sette i verk så langt, vi er godt i gang! Kanskje kan ein tenkje seg fleire nynorskbyar i Noreg? Vi deler gjerne tiltaka og erfaringane våre med andre sentra for på denne måten vere med å sikre språket vårt også nasjonalt. Nynorsk som fortrinn i skule og barnehage Så godt som alle elevane i grunnskulen har nynorsk som opplæringsmål. Førde merkjer seg også ut med ein av dei beste grunnskulane i landet. I Kommunebarometeret for 2015 vart Førde for tredje gong på rad kåra til den beste skulekommunen i landet. Førde har med andre ord faglege og språklege kvalitetar som kan vidareutviklast og vere malar for andre kommunar over heile landet. I opplæringa er vi bevisste på kor viktig det er å sikre dei språklege rettane til elevane våre i ei nasjonal offentlegheit der bokmålet dominerer. Det er nemleg annleis å vekse opp med eit mindre brukt språk som førstespråk. Lat oss nemne eitt døme på korleis arbeidet i skulane i Førde kjem andre nynorskelevar til gode: I samarbeid med Det norske Samlaget har skulane våre funksjon som pilotar for utprøving av nye seriar med mengdetreningsbøker på nynorsk. «Leseland» er ei storsatsing på forlaget si side, støtta av Kulturdepartementet. Elevane i Førde les bøkene først, gjev tilbakemeldingar og sikrar dermed at bøkene faktisk fungerer for lesarane i målgruppa. Ei tjuetals titlar er allereie klare og på nyåret vert serien supplert med like mange nye. Å sikre tilgangen på tilpassa litteratur er eit svært viktig tiltak for dei nynorske barnelesarane i heile landet. Gjennom det profilerte forskingsprosjektet Lærande regionar har Høgskulen i Sogn og Fjordane undersøkt samanhengane mellom det å ha nynorsk som opplæringsmål og gode skuleresultat generelt. Desse funna er både gledelege og motiverande. Slik ny kunnskap syner oss kor viktig det er å arbeide for å sikre ei god nynorsk språkstimulering for borna våre. Difor er vi særleg glade for at Sogn og Fjordane fylkesbibliotek i samarbeid med Nasjonalt senter for nynorsk i

4 opplæringa i desse dagar prøver ut ei ny ordning med Nynorske lesegledarar i Førde og omegn. Ti formidlarar reiser ut til foreldremøte, barnehagar, skular og kulturtilstellingar og formidlar den nye, nynorske barnelitteraturen. Andre fylke syner no interesse for eit liknande tilbod. Meir om satsinga her: Førde ei nynorsk kompetanseklynge I Førde har vi fleire viktige institusjonar som vil vere avgjerande for ei språkpolitisk satsing. Her finn vi m.a. Sogn og Fjordane fylkeskommune med tre vidaregåande skular og lokalisering av fylkesbiblioteket, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Teater, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Førde internasjonale folkemusikkfestival, Lotteritilsynet, Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane, for å nemne nokre. Førde er ikkje minst ein nynorsk medieby! Vel 120 arbeidsplassar er etablerte i dei nynorskbaserte mediebedriftene i Førde. NRK Sogn og Fjordane er den største og viktigaste produsenten av innslag, tekstar og program på nynorsk i NRK nasjonalt. Kontoret er det største nynorskmiljøet i institusjonen og har ein stor produksjon av program til riksnettet. Avisa Firda er den største produsenten av nynorsk tekst i landet utanom offentleg sektor. Avisa er den einaste nynorske dagsavisa i landet. NRK Nynorsk mediesenter har på 10 år lært opp 100 nynorskbrukarar til gode journalistar. 75 prosent av dei arbeider i dag i media rundt i landet, først og fremst i NRK, og har blitt gode ambassadørar for nynorsken. Nynorsk avissenter i Firda er eit liknande opplæringssenter for nynorskavisene. Sentret er nystarta og tek inn det sjette kullet med praktikantar til hausten. Sogn og Fjordane Teater er eit av tre nynorskteater i landet. Sidan starten har teatret spelt framsyningar for snart ein million menneske. FinDriv, Mediebruket og Riksveg Fem er design og reklamebyrå i Førde, som produserer webdesign, annonser, magasin og publikasjonar på nynorsk for nett og papir. Selja Forlag produserer bøker for heile Vestlandet på nynorsk. Forlaget gjev ut bøker i året og har hatt suksess frå Bergen i sør til Ålesund i nord med turbøker, historiske verk og kokebøker. Etableringa av medie- og kommunikasjonsfag på Hafstad vidaregåande skule frå hausten 2014 forsterkar det nynorske mediebildet i Førde. Til saman sikrar slike institusjonar og samarbeidskonstellasjonar den institusjonelle nynorske kompetanseklynga. Denne klynga er avgjerande for at Førde etter kvart har blitt ein viktig nasjonal aktør for å halde nynorsken i hevd. Takka vere den språkbevisste haldninga i mediehus, reklamebyrå, teater, festivalar, forlag og opplæringssenter har Førde fått ei medieklynge med nynorsk som kjerne og basis.

5 Nynorsk i dagleg bruk lokalt og regionalt Førde kommune er med sine vel 1200 tilsette ein stor organisasjon som dagleg nyttar nynorsk i si omfattande og mangesidige verksemd. Som nynorskkommune nyttar kommunen naturleg nok nynorsk aktivt både til alt planarbeid, informasjon og sakshandsaming. Førde bibliotek held til i ein av landets største kulturhus, Førdehuset, er ope dagleg på dag- og kveldstid. Utlånet viser at nesten halvparten av låna går til brukarar utanfor kommunen og fungerer i røynda som ein regional og aktiv nynorskarena. Det er tett samarbeid mellom kommunane i regionen m.a. gjennom regionråd, og Førde kommune deltek i dag nærare tretti interkommunale konstellasjonar. Førde kommune er som den største kommunen i regionen vertskommune for dei fleste av desse samarbeida. I tillegg er kommunen òg sekretær for Samarbeidsforum i Sunnfjord. Førde kommune er aktiv på våre heimesider og Facebook samt til å informere og marknadsføre dei tenester, arrangement og hendingar som dagleg går føre seg her. Alle tilsette nyttar nynorsk og kommunen har ein eigen språkplan som snart vil bli oppdatert. Sogn og Fjordane fylkeskommune har utarbeidd ein språkpolitisk plattform med mål om å styrke nynorsk som skrift- og talemål. Plattforma tek utgangpunkt i målsettingane i fylkeskommunen sin kulturstrategi og byggjer vidare på dokumentet «Språkfakta Sogn og Fjordane », som fylkeskommunen har fått utarbeidd av Nynorsk kultursentrum. I fylkestingsaka om kulturstrategi (13/08) seier ein m.a. at: «Sogn og Fjordane skal halde posisjonen som det sterkaste nynorskfylket i landet.» I tillegg har fylkeskommunen etablert eit Nynorsk forum i Sogn og Fjordane som skal samle strategisk viktige samfunnsaktørar i fylket for å drøfte korleis vi kan styrkje arbeidet for klårt og godt språk generelt og for nynorsk spesielt i fylket. Årets nynorskkommune kva då? Framover ynskjer vi å auke medvitet ytterlegare omkring bruk av nynorsk i næringslivet og til merkevarebygging. Også her kan ein tenkje seg eit kompetansemiljø på nasjonalt nivå i Førde. Vi har allereie gjennomført fleire arrangement saman med næringslivet inkludert «Ordet opp», oppretta Facebooksida «Gangsperre», eit prosjekt om «språkblomar» i bybilete, for å nemne nokre. Vidare har vi planar om frukostseminar, språkkurs for næringslivet, samt etablere språkpilotar frå næringslivet som kan få ei særleg rolle i prosjektet. Dette er nærare gjort greie for i handlingsplanen for 2015 som ligg ved. Ei anna satsing vi knyter store voner til er etableringa av eit litteraturhus for regionen. Vi ser til litteraturhusa i dei store byane, men trur at arrangement som knyter lesarane og litteraturen nærare saman må organiserast på andre måtar i distrikta. Likevel med like variert innhald av like høg kvalitet. Hjå oss ser vi at samspelet mellom ulike stadar og scener i byen og bygdene i kring oss kan vere produktivt.

6 Vårt litteraturhus vil i tillegg ta eit særleg ansvar for å formidle den nynorske litteraturen. Ikkje berre her, men også i samspel med andre litterære scener. I Noreg har Rikskonsertane formidla musikken og Riksteatret dramatikken ut i distrikta. I Førde ynskjer vi å bygge ein institusjon som kan arbeide for å formidle den nynorske litteraturen til fleire scener kring om i landet. Først og sist er borna viktigast. Førde kommune vil arbeide for ei nynorskopplæring som sikrar trygge og kompetente nynorskbrukarar i framtida. Korleis vi best kan ivareta dei demokratiske rettane det inneber å meistre språket sitt er kjerna i satsinga vår

Målbruksplan for Ål kommune

Målbruksplan for Ål kommune Målbruksplan for Ål kommune Postkort frå Ål mållag 1 1 Bakgrunn og mandat... 3 2 Målform... 4 2.1 Tenestemål... 4 2.2 Administrasjonsmål... 4 2.3 Skulemål... 4 3 Tiltak for Ål... 5 3.1 Kommunal administrasjon...

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk Kunnskapsdepartementet: Læremiddel i tide Kunnskapsdepartementet vil vidareføre tiltak frå 2008 og setje i verk nye tiltak for å sikre at nynorskelevar skal

Detaljer

Kommunedelplan for oppvekst

Kommunedelplan for oppvekst Bø kommune Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 1 Innhald Innleiing... 3 Frå plan til handling... 3 Visjon for Bø kommune... 4 Målsetting... 4 Strategiar... 4 2 Innleiing Som ein kommune i vekst står

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Debattgledarar (Ref #b9f95e39)

Debattgledarar (Ref #b9f95e39) Debattgledarar (Ref #b9f95e39) Søknadssum: 247 500 Varighet: Toårig Kategori: Innsatsområder Utvikling av nye bibliotektjenester Nye samarbeidsformer og partnerskap Opplysninger om søker Organisasjonsnavn

Detaljer

Vel nynorsk for barnet ditt!

Vel nynorsk for barnet ditt! Vel nynorsk for barnet ditt! 10 elevar er nok til å få ein eigen nynorskklasse på skulen til barnet ditt. Alle elevar skal lære bokmål og nynorsk. Lat barnet ditt få gjere det på den lettaste måten. Kva

Detaljer

Verdiblink kan brukast i grupper av tilsette i kommunane på ulike nivå i organisasjonen.

Verdiblink kan brukast i grupper av tilsette i kommunane på ulike nivå i organisasjonen. Verdiblink 1. Målsetting Målet med verdiblink er å bevisstgjere medarbeidarar på kva verdiar som styrer arbeidskvardagen og kva verdiar dei sjølve meiner bør få større gjennomslag. Verdiblink handlar om

Detaljer

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN DEN KULTURELLE SKULESEKKEN Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing, og er eit samarbeid mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Detaljer

STOR FELLES ARBEIDS- MARKNAD OG VARIERT ARBEIDSLIV

STOR FELLES ARBEIDS- MARKNAD OG VARIERT ARBEIDSLIV STOR FELLES ARBEIDS- MARKNAD OG VARIERT ARBEIDSLIV Førde by er fylkessenter i Sogn og Fjordane, og kommunen har nærare 13 000 innbyggjarar. Men kommunane i Sunnfjord gror meir og meir saman, og Førde ligg

Detaljer

"Herr Kurz i biblioteket" (Ref #acf00c3e)

Herr Kurz i biblioteket (Ref #acf00c3e) "Herr Kurz i biblioteket" (Ref #acf00c3e) Søknadssum: 370 000 Varighet: Ettårig Kategori: Innsatsområder Biblioteket som møteplass og arena for offentlig samtale og debatt Nye formidlingsmetoder Opplysninger

Detaljer

INTERNASJONAL STRATEGI

INTERNASJONAL STRATEGI INTERNASJONAL STRATEGI 2008 2009 SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE AUGUST 2007 1. Innleiande kommentarar Det internasjonale engasjementet i Sogn og Fjordane er aukande. Dette skapar utfordringar for fylkeskommunen,

Detaljer

Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028

Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 Bø kommune Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 Kommunedelplan for oppvekst 2016 2028, på høyring i perioden 03.03.16 14.04.16 Innhald Innleiing... 3 Frå plan til handling... 3 Visjon for Bø kommune...

Detaljer

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet Ny GIV Oppfølgingsprosjektet 2010 2013 Gjennomføring i vidaregåande opplæring www.sfj.no Innhald Prosjektplan for Ny GIV Sogn og Fjordane fylkeskommune... 3 1. Bakgrunn og mål Ny GIV... 3 2. Oppfølgingsprosjektet...

Detaljer

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 Jon Todal, professor dr.art., Sámi allaskuvla / Samisk høgskole, Guovdageaidnu Samandrag I Samiske tall forteller 4 gjekk vi nøye inn på dei ymse tala for språkval

Detaljer

Kommunikasjonsstrategi for Ulstein kommune

Kommunikasjonsstrategi for Ulstein kommune Kommunikasjonsstrategi for Ulstein kommune - Eit godt omdømme kjem innanfrå - Godkjend i Ulstein kommunestyre 29.10.2015 (sak 2014/630) Innhaldsliste: 1.0 Innleiing. side 3 2.0 Ulsteinsamfunnet side 3

Detaljer

bruk av nettsider Gaular kommune

bruk av nettsider Gaular kommune 05.09.2018 Retningslinjer i bruk av nettsider Gaular kommune Janne Kristin Bøyum SUNNFJORD YTRE SOGN IKT Innhald 1 Føremål... 2 2 Mål med informasjonskanalane... 2 3 Mål med retningslinjer... 3 4 Heimeside...

Detaljer

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke INDRE VESTLAND Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke 72 000 INNBYGGARAR INDRE VESTLAND FÅR DEN ELDSTE BEFOLKNINGA I FYLKET Folketalsnedgang, i beste fall stabilt

Detaljer

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang: Nyheiter hoppid.no - Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang: Ny tilskotsordning for hoppid.no-nettverket, frist 4.mai Søk midlar Bygdemobilisering, frist 1.mai Ein million kroner i etablerartilskot

Detaljer

9,101-23P-doknr HORDALAND FYLKESKOMMUNE. -gg nr_l_av 1 SÆRUTSKRIFT

9,101-23P-doknr HORDALAND FYLKESKOMMUNE. -gg nr_l_av 1 SÆRUTSKRIFT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga SÆRUTSKRIFT 9,101-23P-doknr -gg nr_l_av 1 Arkivsak 200912380 Arkivnr. 642 Sakshandsamar Oftedal, Jørn Saksgang Kultur- og ressursutvalet Møtedato Saknr.

Detaljer

Ål Venstre. Ål Venstre

Ål Venstre. Ål Venstre Ål Venstre Ål Venstre program 2007-2011 Betre Miljø Eit godt miljø skapar trivsel for fastbuande og tilreisande. Ei berekraftig utvikling vil vere avgjerande for livsgrunnlaget for dei som kjem etter oss.

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 24.04.2017 51768/2017 Anne Marte Ostad Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 08.05.2017 Entreprenørskapsløype fase III i 2017-2019 Bakgrunn

Detaljer

Kommunikasjonsplan Voss herad 2020

Kommunikasjonsplan Voss herad 2020 Kommunikasjonsplan Voss herad 2020 Innleiing God og målretta informasjon til rett tid er viktig for å lukkast best mogleg med å slå saman Voss og Granvin til Voss herad. Dette er viktig både i prosjektet

Detaljer

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA Fylkesrådmannen rår Vestlandsrådet til å gjere slikt vedtak: 1. Vestlandsrådet peiker ut ein delegasjon som reiser til Shanghai i 2010 i samband med EXPO 2010.

Detaljer

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Flora kommune www.flora.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015 fire

Detaljer

Vidareutdanning kobla til satsinga på vurdering for læring

Vidareutdanning kobla til satsinga på vurdering for læring Vidareutdanning kobla til satsinga på vurdering for læring Åsmund Bertheslen Ressursperson Askvoll og Fjaler,Sogn og Fjordane Disposisjon Bakgrunn: Om regionen, kommunane, skulane og utdanninga Kva er

Detaljer

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI MIDSUND ARBEIDERPARTI Kommunevalgprogram 2015 DETTE ER VIKTIG FOR OSS For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. https://www.facebook.com/midsund.arbeiderparti

Detaljer

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Kva er gründercamp? Treningsleir i kreativitet og nyskaping Elevane får eit reelt oppdrag med ei definert problemstilling Skal presentere ei løysing innanfor eit

Detaljer

EIN HEILSKAPLEG SKULESTRUKTUR FOR VIDAREGÅANDE SKULE I SUNNFJORD

EIN HEILSKAPLEG SKULESTRUKTUR FOR VIDAREGÅANDE SKULE I SUNNFJORD SIS Samarbeidsforum i Sunnfjord EIN HEILSKAPLEG SKULESTRUKTUR FOR VIDAREGÅANDE SKULE I SUNNFJORD Pressekonferanse i samband med at SIS presenterer ei fråsegn om skulestruktur i Sunnfjord til fylkesordførar

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017 Rapport om målbruk i offentleg teneste 17 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over

Detaljer

21.08.2012 28.08.2012

21.08.2012 28.08.2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201200217-6 Arkivnr. 644 Saksh. Skaar, Ronny/Haugland, Tone Stedal Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 21.08.2012 28.08.2012

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Rammeplan for barnehagen Fagdagane i Loen 7. 8. juni 2017 Rammeplanen som styringsdokument Rammeplan for barnehagens innhold

Detaljer

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd DEN NORSKE KYRKJA KR 29/12 Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd Oslo, 27.-28. sept 2012 Referansar: KR 42/11 Nynorsken sin plass i trusopplæringa Samandrag I Kyrkjerådet sitt møte i september

Detaljer

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg. SØKNAD OM MIDLAR TIL PROSJEKT FRÅ PROGRAM OPPLEVINGSNÆRINGAR 2009 Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg. A: Her skal du fylle inn nøkkeldata for søknad og søkjar. Nøkkeldata for søknad

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

NAV-kontora i Sogn og Fjordane. - vegen vidare

NAV-kontora i Sogn og Fjordane. - vegen vidare NAV-kontora i Sogn og Fjordane - vegen vidare 28.10.216 Myndige og løysingsdyktige NAV-kontor Meld.St. 33: «NAV i en ny tid»: Større NAV-kontor Direktoratet: «- hvordan vi løser oppgavene og organiserer

Detaljer

Innkomne framlegg. Kva gjeld saka. Saksutgreiing. Framlegg til vedtak. Landsmøtet handsamar innkomne framlegg.

Innkomne framlegg. Kva gjeld saka. Saksutgreiing. Framlegg til vedtak. Landsmøtet handsamar innkomne framlegg. LM16-12 Innkomne framlegg Kva gjeld saka Landsmøtet handsamar innkomne framlegg. Saksutgreiing Det har kome inn åtte framlegg innan fristen 18.02.16. Alle framlegga går på «Program for språk i skulen».

Detaljer

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Gaular kommune www.gaular.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015 fire

Detaljer

Treng me norsk? Åse Wetås direktør, Språkrådet Språkkonferanse i Førde,

Treng me norsk? Åse Wetås direktør, Språkrådet Språkkonferanse i Førde, Treng me norsk? Åse Wetås direktør, Språkrådet Språkkonferanse i Førde, 1.11.18 Det korte (og openberre) svaret 2 Det korte (og openberre) svaret Sjølvsagt gjer me det! 3 Det lange svaret 4 Det lange svaret

Detaljer

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE KOMMUNEPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2006-2021 Langsiktig del Vedteke i kommunestyret 15.06.2006 sak nr. 019/06. Seljord kommunen sine langsiktige mål 2006 2021 Strategidel Overordna mål Seljord kommune skal

Detaljer

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande: Elevanes val av framandspråk i vidaregåande skule Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 6/216 Utdanningsdirektoratet har publisert fagvala til elevar i vidaregåande skule for skuleåret

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018 Rapport om målbruk i offentleg teneste 18 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over

Detaljer

Saman om Ørstabarnehagen

Saman om Ørstabarnehagen Saman om Ørstabarnehagen 2017-2019 26.09.2017 Lokal rammeplan for Ørstabarnehagen - Ny rammeplan for barnehagen 13.09.17 Reidun Mo, seksjonsleiar barnehage Ørsta 1 26.09.2017 Lokal rammeplan for Ørstabarnehagen

Detaljer

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ 1.2.2012. 1. Kommunar som blir omfatta av ordninga Alle kommunane i Sogn og Fjordane blir omfatta av ordninga med kommunale næringsfond.

Detaljer

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018. Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen 2018-2019 Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018 Samanfatning Tala for val av framandspråk blei publiserte av Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Framtidsfylket AS v/ Linda Hovland Naustdalsvegen 1B 6800 FØRDE

Framtidsfylket AS v/ Linda Hovland Naustdalsvegen 1B 6800 FØRDE Framtidsfylket AS v/ Linda Hovland Naustdalsvegen 1B 6800 FØRDE Regionråda i Sogn og Fjordane HAFS v/ Per Arne Tveit Sogn v/ Karina Nerland Nordfjord v/ Roger Djupvik Sunnfjord v/ Trond Ueland Søknad om

Detaljer

ARBEIDSPLAN 2014-2015

ARBEIDSPLAN 2014-2015 ARBEIDSPLAN 2014-2015 SENTERPARTIET I SOGN OG FJORDANE Fylkesårsmøte sitt vedtak: a) Arbeidsplan 2014 2015 vert godkjent. b) Fylkesstyre får fullmakt til å gjere endringar gjennom året. 1 Innhald Innleiing...

Detaljer

Finnøy og Rennesøy kommunar

Finnøy og Rennesøy kommunar Kommunikasjonsplan Finnøy og Rennesøy kommunar 1 1. SKILDRING AV DEN AKTUELLE SITUASJONEN... 3 2. PROBLEMANALYSE... 3 3. MÅL... 4 3.1. KOMMUNIKASJONSMÅL... 4 4. MÅLGRUPPER... 4 5. BODSKAP... 5 6. KANALAR

Detaljer

Strategidokument

Strategidokument Språkkommunen Stord Strategidokument 2018-2019 Innhald Innleiing... 3 Føremål... 3 No-situasjon/ situasjonsskildring... 4 Hovudmål / overordna mål... 4 Målgruppe... 4 Innsatsområder og resultatmål... 4

Detaljer

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv Arve Tokvam, Aurland Prosjektteneste AS Tradisjonsnæringar som verkemiddel for å skape meir attraktive lokalsamfunn! Tradisjonsnæringar?

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Kommunestyret 31.08.2015 051/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: 002 Arkivsaknr.: 14/821-75

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE TRAINEE I SOGN OG FJORDANE Prosjektplan for Framtidsfylket Trainee frå og med haust 2014 Framtidsfylket Trainee er den einaste fylkesdekkjande traineeordninga i landet for kandidatar med bachelor- eller

Detaljer

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle. Gode landsmøte! Takk for eit år med mykje godt samarbeid og mange gode idear. Norsk Målungdom er i høgste grad ein tenkjande organisasjon, og denne perioden har me nytta mykje tid på å utfordra det etablerte.

Detaljer

Kommunikasjonsplan. Sunnfjord kommune

Kommunikasjonsplan. Sunnfjord kommune Kommunikasjonsplan Sunnfjord kommune Innleiing I løpet av dei neste to åra skal Sunnfjord kommune etablerast. Dette er ein prosess som involverer innbyggjarar, tilsette, folkevalde og andre aktørar i dei

Detaljer

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77) Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77) Søknadssum: 411 000 Varighet: Toårig Kategori: Innsatsområder Nye formidlingsmetoder Nasjonalbibliotekets digitale tjenester som grunnlag for nye tilbud Opplysninger

Detaljer

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE 1 Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR INFORMASJONSHEFTE 2 forord Informasjonsheftet omhandlar 10 spørsmål som foreldre ofte stiller om den fleirspråklege utviklinga

Detaljer

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule Kroppsøvingsseksjonen og kunnskapsløftet Kroppsøving - Fysisk aktiv skulekvardag/fysisk

Detaljer

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland 2014 Kort om handlingsprogrammet Årleg handlingsprogram som er tufta på «Regional Næringsplan for Hordland 2014 2017». Vedtatt av fylkesutvalet 20. februar.

Detaljer

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden Side 1 av 5 Saksframlegg Saksbehandlar: Kenth Rune T. Måren, Opplæringsavdelinga Sak nr.: 15/12025-2 Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for n 2016 2017 Fylkesdirektøren rår hovudutval for opplæring

Detaljer

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv. HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal

Detaljer

STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF

STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 19.09.2018 SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/ Helge Robert Midtbø SAKA GJELD: Løysing for kontorarbeidsplassar i Helse Førde ARKIVSAK: 2018/3310

Detaljer

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling. Vedteken i Sogn regionråd 31. mars 2017 Handlingsplan 2017 1 Næringsutvikling Etablering av nye og vekst i eksisterande private og offentlege verksemder i regionen. Regionen skal ha eit samhandlande og

Detaljer

Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet frå Kunnskapsdepartementet

Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet frå Kunnskapsdepartementet Noregs Mållag Postboks 474 Sentrum 0105 Oslo E-post: nm@nm.no Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 Oslo E-post: postmottak@kd.dep.no Oslo, 31. oktober 2010 Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet

Detaljer

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0 Samandrag Norconsult har på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune vurdert dagens modell for organisering av vidaregåande opplæring, og utarbeida framlegg av tre anbefalte modellar for framtidig organisering.

Detaljer

Les for livet - del 2 (Ref #1318522676368)

Les for livet - del 2 (Ref #1318522676368) Les for livet - del 2 (Ref #1318522676368) Søknadssum: 299000 Kategori: Leseløftet Varighet: Treårig Opplysninger om søker Organisasjonsnavn / nr Osterøy bibliotek / 974774682 senter 5282 http://osteroy.bibliotekivest.no/

Detaljer

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56 Austevoll kommune Hordaland Fylkeskommune 5020 BERGEN Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref. 24.11.2016 John Tveit 16/343-56 Melding om vedtak Høyringsuttale frå Austevoll kommune til intensjonsplan for

Detaljer

Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune

Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune 2019 2021 Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune Frå UNESCO-rapporten «The wow-factor» om kunst og kultur i opplæringa. Brukt i St.meld.nr.8, «Kulturell skulesekk for framtida»,

Detaljer

SØKNADSSKJEMA Den kulturelle spaserstokken 2017

SØKNADSSKJEMA Den kulturelle spaserstokken 2017 SØKNADSSKJEMA Den kulturelle spaserstokken 2017 Frist til Sogn og Fjordane fylkeskommune: 15. mai 2016 Skjemaet sendast til postmottak.kultur@sfj.no Skriv: Søknad- DKSS Sogn og Fjordane fylkeskommune,

Detaljer

Steinsprang frå Lærdal. Kommunemøte om UKM

Steinsprang frå Lærdal. Kommunemøte om UKM Steinsprang frå Lærdal Kommunemøte om UKM Thon hotel Jølster 18. september 2015 Program for møtet 09.15 UKM i Sogn og Fjordane fylke Ny URG Strategiplan for UKM Norge Strategi for UKM i Sogn og Fjordane

Detaljer

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Solund kommune www.solund.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015 fire

Detaljer

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring 2014 2017 www.sfj.no 1. Innleiing. Hovudutval for opplæring vedtok i sak 38/09 Utviklingsplan pedagogisk-psykologisk teneste

Detaljer

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE. TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE. Elevane sin rett til eit godt fysisk og psykososialt læringsmiljø er blitt styrka og konsekvensar for dei som bryt reglane er blitt skjerpa i Opplæringslova. Også krava

Detaljer

Nasjonal dugnad. Alle gode krefter lokalt og nasjonalt dreg i same retning for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring

Nasjonal dugnad. Alle gode krefter lokalt og nasjonalt dreg i same retning for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring Nasjonal dugnad Alle gode krefter lokalt og nasjonalt dreg i same retning for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring -gjennomføring i vidaregåande skule Overgangsprosjektet Oppfølgingsprosjektet

Detaljer

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE KOMMUNAL PLAN FOR IDRETT, FYSISK AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE PLANPROGRAM Illustrasjon: Gregory Idehen FØREORD Naustdal, Gaular, Førde og Jølster kommune starta med dette opp arbeidet med

Detaljer

Frivilligpolitisk plattform

Frivilligpolitisk plattform Frivilligpolitisk plattform 2018-2021 1 Frå kafedialogen om samspel og samarbeid mellom frivillig kommunal sektor: «Kva kan di foreining bidra med i eit tettare samarbeid med kommunen Innhald: 1. Mål...

Detaljer

Reise: Møtes på rutebilstasjonen på Sjøholt måndag kl Alle må kome seg til Sjøholt på eige hand, og så køyrer vi i privatbilar derifrå.

Reise: Møtes på rutebilstasjonen på Sjøholt måndag kl Alle må kome seg til Sjøholt på eige hand, og så køyrer vi i privatbilar derifrå. Møteinnkalling Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Hotel Union, Geiranger Dato: 13.10.2014 Tid: 12.00 Forfall skal meldast til utvalssekretær Ingeborg Forseth, tlf 71 25 85 99/900 99 422 eller ingeborg.forseth@mrfylke.no,

Detaljer

Nasjonal dugnad. Prosjektleiar overgangsprosjektet Sissel Espe

Nasjonal dugnad. Prosjektleiar overgangsprosjektet Sissel Espe Nasjonal dugnad Prosjektleiar overgangsprosjektet Sissel Espe -gjennomføring i vidaregåande skule Overgangsprosjektet Oppfølgingsprosjektet Statistikkprosjektet-Gjennomføringsbarometeret Prosjektleiar

Detaljer

Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune.

Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune. Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune. Bakgrunn Denne samarbeidsavtala er meint å leggje grunnlag for eit godt samarbeid mellom skulane og folkebiblioteket i Vinje kommune.

Detaljer

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2010-2013

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2010-2013 STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2010-2013 Vedtatt i Kommunestyret, sak nr 18/10 16.september 2010 1 2 Innhald 1. Innleiing...3 2. Planprosessen...3 3. Planperiode, revidering og evaluering...4

Detaljer

Lågterskeltilbod til ungdom mellom 16 21 år

Lågterskeltilbod til ungdom mellom 16 21 år Lågterskeltilbod til ungdom mellom 16 21 år Utviklinga i OT Fleire ungdommar i regionen søkjer ikkje vgs / anna opplæring. Fleire ungdommar i regionen er ikkje klar for det ordinære arbeidslivet sine krav.

Detaljer

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Framlegg til offentleg ettersyn

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Framlegg til offentleg ettersyn Planprogram for kommunedelplan for kulturminne 2015-2027 Framlegg til offentleg ettersyn Vedteke: Saks nr: 14/1065 Dato: 10.06.2014 Innhald 1. Innleiing... 2 2. Bakgrunn for planarbeidet... 2 3. Mål for

Detaljer

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle! KULTURSKULEPLAN Forsand kommune 2016 2026 - Kulturskulen for alle! Innleiing Mange har som born eller unge stått framføre spegelen med ein hårbørste som mikrofon og vaskekost som gitar, og drøymd om ei

Detaljer

Dialogmøte Hafs. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Dialogmøte Hafs. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane? Dialogmøte Hafs Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane? Opplæringslova: Innhald i dialogmøta 13-3c. Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for rettleiing og kvalitetsutviklingstiltak.

Detaljer

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Oktober 2014 Tittel: Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Dato: Oktober 2014 www.nokut.no Forord NOKUT har vore i kontinuerleg endring sidan

Detaljer

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst Oppvekstsektoren 12.05.2015 FORORD KOMPETANSE OG ETIKK Barn som veks opp i Sula skal få lære det dei treng og vil kort sagt bli gitt gode vilkår for

Detaljer

ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE

ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE SUNDE BARNEHAGE: Sunde barnehage ligg midt i Sunde sentrum, med Sunde skule som næraste nabo. Barnehagen og skulen med ca. 210 born og 40 tilsette utgjer Sunde oppvekstsenter.

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM. FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG 12.03.13 VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM. Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive

Detaljer

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018 Regional samhandling Statleg leiargruppe Januar 2018 + + Høgskulen på Vestlandet 1. januar 2017 slo Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund seg saman til Høgskulen

Detaljer

SAK 04/18 LIVSKVALITET HALLINGDAL

SAK 04/18 LIVSKVALITET HALLINGDAL SAK 04/18 LIVSKVALITET HALLINGDAL Saksopplysning Som hovudmål i Strategisk plan for Hallingdal 2017 2020 er det sagt: Hallingdal skal bli ein meir attraktiv, positiv og produktiv region, der alle har mogelegheit

Detaljer

Språkfylket Sogn og Fjordane fakta og utviklingstrekk

Språkfylket Sogn og Fjordane fakta og utviklingstrekk Ottar Grepstad direktør Nynorsk kultursentrum Språkfylket Sogn og Fjordane fakta og utviklingstrekk Opningsinnlegg på nynorskdag for kulturminister Thorhild Widvey i Førde 29.4.2014 Sogn og Fjordane er

Detaljer

Prosjekt Leselunden (Ref #1074)

Prosjekt Leselunden (Ref #1074) Prosjekt Leselunden (Ref #1074) Søknadssum: 117000 Varighet: Eitårig Kategori: Innsatsområder Ny formidling Opplysningar om søkjar Organisasjonsnavn/nr Kvinnherad bibliotek / 974614871 Sentrumsvegen 15

Detaljer

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN vedteke av kommunestyret 29.01.1998 1. HISTORISK BAKGRUNN Dei første skulekrinsane i Samnanger gjekk over til nynorsk («landsmål») i 1909. Sidan 1938 har nynorsk vore einerådande

Detaljer

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/ FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE 2018-2030 Vedteken i kommunestyret 14.12.17, sak 78/17 Innhald: 1 Bakgrunn 2 sin strategi 3 Dei 10 frivilligpolitiske boda 4 Årshjul

Detaljer

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule UTVIKLINGSPLAN 2018-2019 Bø skule 1.0 Mål... 3 1.1 Lesing... 3 1.2 Inkluderande og trygt skulemiljø... 3 2.0 Nå-situasjonen ved Bø skule... 3 2.1 Nå-situasjonen knyta til lesing... 3 2.2 Nå-situasjonen

Detaljer

Høyringsuttale Bibliotekreform 2014

Høyringsuttale Bibliotekreform 2014 Høyringsuttale Bibliotekreform 2014 Sogn og Fjordane fylkeskommune har følgjande uttale til Bibliotekreform 2014 : 1. Generelle kommentarar Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar hovudtrekka i Bibliotekreform

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send høyringsinnspel

Detaljer

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring 2 Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring Førebygging på tre nivå OT/PPT sin førebyggjande

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Anne-Grethe Skjærseth Arkivsaksnr: 12/178 16/10841 Arkiv: K1-430, K2 - A00 Oppvekst -Skuleeigarrapport om tilstanden i Sulaskulen 2015-2016 Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet 29.01.2015 007/15 Kommunestyret 12.02.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 14/638-15/326 K1-024 Jan Olav Åsarmoen Møller 57 63

Detaljer