Bli kjent med Bergetippen barnehage

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Bli kjent med Bergetippen barnehage"

Transkript

1 Bli kjent med Bergetippen barnehage Revidert: Godkjent SU:

2 Velkommen til Bergetippen barnehage! Vi ynskjer dykk velkomne til Bergetippen barnehage! Bergetippen barnehage ligg i Julsundet i Aukra kommune og er ein kommunal heildagsbarnehage med fem avdelingar: Maurtua, Furukongla, Nisseberget, Trollberget og Revehiet. Personalet Vi er litt over 20 personar i personalet, med styrar, assisterande styrar, merkantil, pedagogiske leiarar, fagarbeidarar og assistentar. Styrar: Berit Drejer Assisterande styrar: Monika Sætre Maurtua Tlf: Furukongla Tlf: Besøksadresse Vollskaret 4, 6409 Molde Postadresse Bergetippen barnehage, Aukraringen 25, 6480 Aukra Nisseberget Tlf: Trollberget Tlf: Revehiet Tlf:

3 Heimeside i menyen klikkar du på barnehage. Vel Bergetippen barnehage i venstremenyen. «Bli kjent med Bergetippen» ligg då i høgremenyen. Opningstider Barnehagen er open frå til Barna må hentast innanfor opningstida. Dørene blir låst kl Kl barnehagen opnar Kl frukost Kl kjernetid Kl lunsj Kl ettermiddagsmat Kl barnehagen stenger Levering og henting Når de leverar og hentar barnet, må de alltid gje beskjed til ein i personalet på avdelinga. Dersom andre enn foreldre/føresette skal hente barnet, må personalet få vite det på førehand. Vedkomande må vise legitimasjon ved henting om vedkomanda ikkje er kjent for personalet. Ferie Barna skal ha fem veker ferie gjennom året. Føresette må melde frå om tre veker samanhengande ferie for barnet i perioden frå og med 1. juni til og med 14. august med frist 1. mai. Den fjerde veka kan vere dei dagane barnehagen er open i jul/påske/skulen sin vinterferie. Barnehagen er stengt jule- og nyttårsaftan. Onsdag før skjærtorsdag er barnehagen stengt frå kl Føresette må melde frå om barna kjem i barnehagen i romjula og påskeveka. Dei 5 studie- og planleggingsdagane gjennom året kan reknast som den 5. ferieveka. (Henta frå vedtektene til Aukra barnehagane) Planleggingsdagar Vi har fem planleggingsdagar i løpet av eit barnehageår, og då er barnehagen stengt. Det er følgjande dagar: - Nytt barnhageår startar 15. august, og startar alltid med to planleggingsdagar. - Måndag i skulen sin haustferie er personalet på Romsdalsk barnehagestevne. - Fredag etter Kristi himmelfartsdag. - Den siste planleggingsdagen varierar (Dato kjem i Barnehageruta på heimesidene, så snart den er klar) 2

4 Årsplana vår består av tre delar: Bli kjent med Bergetippen barnehage, er det dokumentet du nå les, og inneheld praktiske opplysningar om barnehagen. Årsplan Bergetippen barnehage, den inneheld blant anna det gjennomgåande innhaldet vi arbeider med heile året, som til dømes er vennskap, likeverd, omsorg, leik, kjensler, konfliktløysing, ansvar, etikk, kvardagssituasjonar og fagområde frå Rammeplanen. Dette er likt for alle avdelingane. Når SU har godkjent årsplanen på hausten blir den lagt ut på heimesida. Samarbeid foreldreråd, FAU og SU For å sikre samarbeidet mellom barnehagen og heimane, har barnehagen eit foreldreråd - som er alle foreldra til dei barna som går i barnehagen til ei kvar tid. Foreldra vel ein representant frå kvar avdeling (med ein vara), som til saman utgjer foreldra sitt arbeidsutval (FAU). I tillegg skal barnehagane ha eit samarbeidsutval (SU), som er samansett av representantar frå foreldrerådet, tilsette og eigar. Val av sine representantar gjer foreldra på foreldremøte om hausten. Slik har foreldra høve til medverknad på innhaldet i barnehagearbeidet. Månadsplan, avdelingane lagar månadsplan som blir sendt på e-post. Det periodebestemte innhaldet følgjer årstidene, høgtider og tema som vi arbeider med i avgrensa periodar. Dette finn de i månadsplanen. Elles vil det kome ulik informasjon til ei kvar tid, slik at alle føresette må følgje med på e-post, oppslagstavler og dører på sine avdelingar. 3

5 Tilknyting og tilvenning Tilknyting er ein livsnødvendig prosess som resulterer i eit band mellom barnet og omsorgspersonen. Tilknyting er nødvendig for å sikre eigen tryggleik og overleving. Dei yngste barna Dei fleste barn har utvikla ei trygg tilknyting til ein eller to omsorgspersonar når dei startar i barnehagen som 1åring. Viktige kjenneteikn på trygg tilknyting er omsorgspersonen si evne til å roe ned og trøste barnet, og barnet si eiga evne til å ta imot trøyst, bli roleg og bruke tida si på leik og utforsking. Tilknytingspersonen si hovudoppgåve er å fungere som ei sikker hamn, dvs. ta imot barnet når det har behov for trøyst og omsorg, og å vere ein trygg base for barnet si utforsking, leik og læring. (Tryggleikssirkelen illustrerer det.) Vi vektlegg kor viktige dei føresette er for barnet si tilvenning. Dei føresette er til stades med barnet i minst tre heile dagar i barnehagen. Med tre heile dagar meiner vi at barnet og føresette kjem i barnehagen ca kl og avsluttar dagen ca kl Her har dei føresette ansvaret for barnet medan det blir stelt, søv, leikar, ved måltid og under aktivitetar. Tilknytingspersonen i barnehagen er til stades saman med den føresette, og tilknytingspersonen observerer korleis barnet reagerer, og likeins korleis dei føresette møter barnet. Etter kvart vert barnet kjend med tilknytingspersonen, og denne overtar meir og meir omsorga for barnet. Den føresette er fortsatt med, men trekker seg litt tilbake. Slik får barnet tryggleik både frå den føresette og tilknytingsperson. På denne måten blir den føresette også meir kjend med barnehagen si organisering, og oppnår meir realistiske forventningar og større grad av tryggleik. Det kan få store positive ringverknader for det vidare samarbeidet, noko som igjen fører til større tryggleik for barna. Samarbeid og informasjonsutveksling om nye barn Foreldremøte for foreldre til nye barn blir arrangert i mai-juni ein gong. Alle nye foreldre blir invitert til ein samtale før barnet skal starte i barnehagen (i løpet av sommaren), slik at begge partar kan førebu seg best mogleg til barnet sin start i barnehagen. Tilknytingsperson for dei største barna, òg. Alle barna i Bergetippen barnehage får ein tilknytingsperson når dei byrjar i barnehagen. Det vil seie at ein primær vaksen har det spesielle ansvaret for oppfølging av barnet. Slik sikrar vi at nokon følgjer opp kontakt, kommunikasjon og samspel med kvart enkelt barn. Spesielt er tilknytingspersonen viktig når barnet tar til i barnehagen, som ein trygg person å vende tilbake til når det etter kvart utforskar meir og meir omkring seg. I mange situasjonar kan det vere godt å vite at barnet har sin primære vaksen som følgjer det opp. Det er trygt å vite for foreldra, og for barnet sjølv, samt for personalet som skal prøve å sikre at alle barn blir sett og får nær vaksenkontakt kvar dag. 4

6 Kosthald og god helse «Godt kosthald og god veksling mellom aktivitet og kvile er av betyding for å utvikle ein sunn kropp» Rammeplanen kapittel 3.2 Vi i Bergetippen barnehage legg vekt på eit sunt og variert kosthald. Deler av personalet har gjennomført kurset «Fiskesprell», og vi har som mål at heile personalet på sikt skal gjennomgå kurset. Avdelingane har ofte varmlunsj, der det ofte blir brukt fisk. Bergetippen barnehage er også ein 5-om dagen barnehage. Det vil seie at vi serverer oppkutta frukt og grønsaker kvar dag, og bursdagar blir feira med fruktfest eller smoothie. Vi får levert variert og god frukt frå Astero. Ny forsking viser at barn får i seg dobbelt så mykje salt som dei skal ha, og alt for mykje sukker. Mykje av saltet kjem frå kjøpebrød, kjøttprodukt og ferdigmat. Ved å bruke mykje grønsaker og fisk, og lage maten frå grunnen av, får vi betre balanse i kosten. Barn må få smake dei same grønsakene ofte for å bli kjende med dei. Måltida i barnehagen Barna har med matpakke til frukost og ettermiddagsmat. Vi oppmodar foreldra til å sende med barna sunne matpakkar, utan sjokoladepålegg, kjeks og søte saker. Barna i dag får i seg for mykje sukker. I barnehagen ynskjer vi å motverke dette. Kostpengar Kvar månad betalar de foreldre 300 kr i kostpengar. Denne betalinga kjem i tillegg til betaling for plassen, og blir betalt saman med barnehageopphaldet. 5

7 Klede og utstyr Ta med: - Innesko, tøflar eller sklisokkar - Regntøy og støvlar skift - Parkdress, evt utetøy - Ullklede/fleece Husk å namne alt tøy, matboksar, vogner og anna som blir tatt med til barnehagen! Barnehagen er ikkje erstatningspliktig for bortkomme tøy, men namna tøy er lettare å halde orden på. Ta ein sjekk kvar veke for å sjå om barnet ditt har det som trengst og om utstyret er i orden. Kvar fredag må det ryddast i hyllene dersom det skal bli vaska. Vi ber også om at de tek med regnklede og anna yttertøy kvar fredag. Sjukdom Det er viktig at barnehagen får beskjed ved sjukdom. Husk at smittefaren er stor i ein barnehage og at ved f.eks oppkast og diare skal barna vere heime 48 timar etter at dei er symptomfrie. Ved sjukdom må borna haldast heime til dei er friske nok til å ta del i uteleiken. Dersom allmenntilstanden til barnet vert dårleg i løpet av dagen, tek personalet kontakt med foreldre/føresette og ber om at barnet blir henta. Når det gjeld medisinering, skal dette bli gitt av føresette. Om det er behov for at personalet skal gje barnet medisin i løpet av tida i barnehagen, må eigen avtale om dette skrivast med styrar og ulike skjema fylles ut. Ta kontakt med barnehagen for å få dette. Det er blant anna eit skjema som lege må fylle ut. Foreldra til bleiebarn held sjølv bleier og evt. salver. Dei som har med vogn til soving, må sjå etter at denne er i orden kvar morgon. Alle skal ha fempunktssele i vogna, og myggnetting og regntrekk til ei kvar tid. 6

8 Delte plassar Eit barn kan ha 60, 80 eller 100 % plass i barnehagen. Når barnet har redusert plass, får det fullt tilbod dei dagane det er i barnehagen, på linje med dei som er på full plass. Barn på delt plass får det tilbodet som er i barnehagen den dagen. Det er også høve til å kjøpe enkeltdagar etter nærare avtale med personalet på avdelinga. På spesielle dagar som Luciadag, nissefest, temafest og avslutningstradisjonar, inviterer vi også dei med delt plass til å delta i eit avgrensa tidsrom, dersom dei ikkje har plass den dagen. Bursdagsfeiring Barnehagen lagar fruktfat eller smoothie. Vi syng bursdagssang og lagar krone, og avdelinga set opp flagg ute. Dersom foreldre ønskjer å legge invitasjonar i hyllene i barnehagen, kan de invitere: - alle barna på avdelinga - alle på avdelinga som er fødd same år som bursdagsbarnet - alle jentene eller gutane på avdelinga, eller - alle jentene eller gutane på avdelinga, som er fødd same året. Leiker Det er ikkje lov å ha med eigne leiker i barnehagen, fordi ein må rekne med at leikene blir brukt av mange og kan få hard medfart. Barna kan ha med pute eller eit kosedyr som kan brukast i kvilestunda. 7

Bli kjent med Bergetippen barnehage

Bli kjent med Bergetippen barnehage Bli kjent med Bergetippen barnehage Velkommen til Bergetippen barnehage Vi ynskjer dykk velkomne til Bergetippen barnehage! Bergetippen barnehage ligg i Julsundet i Aukra kommune og er ein kommunal heildagsbarnehage

Detaljer

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Kjære foreldre/føresette Me ynskjer dykk og barnet dykkar hjarteleg velkomen til Lonevåg barnehage! Barnet dykkar har no fått

Detaljer

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt. INFORMASJON FRÅ A Å Barnehageåret: går frå 2. helga i august Betaling: de får tilsendt faktura den 1. i kvar månad med 14 dagars betlingsfrist. Uteblir betalinga, vil de få brev frå økonomiavdelinga om

Detaljer

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Kjære foreldre/føresette Me ynskjer dykk og barnet dykkar hjarteleg velkomen til Lonevåg barnehage! Barnet dykkar har no fått

Detaljer

Informasjon til foreldre

Informasjon til foreldre Informasjon til foreldre Til deg/dykk som er nye foreldre ved Helland barnehage TILVENNING Det er viktig for oss at de opplever at den første tida i barnehagen går bra. Dette vil danne grunnlaget for at

Detaljer

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune Vedteke i Kommunestyret 12.05.2016 K-sak 36/16 1. Eigar Hemsedal kommune er eigar og ansvarleg for drifta av skulefritidsordningane (SFO) ved Tuv og

Detaljer

Bli kjent med Orre Barnehage

Bli kjent med Orre Barnehage Bli kjent med Orre Barnehage A Adresse Theavegen 9 4343 ORRE Allergier Det er viktig at vi får vite om der er nokon allergier hjå barnet, slik at vi kan ta rette forhandsreglar. Arbeidsmiljø Vi i personalet

Detaljer

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen

Detaljer

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå 01.01. 2011

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå 01.01. 2011 1 2 VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND gjeldande frå 01.01. 2011 1. DRIFT I SAMSVAR MED NORSK LOV Eigaren av barnehagane er Studentsamskipnaden for

Detaljer

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2016-2017 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: Måndag til torsdag 06.45 17.00 Fredag 06.45-16.30 Kjøp av tid: Dersom det

Detaljer

Bjørnehiet SFO - informasjon

Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for barna på 1.- 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik og gode utviklingsvilkår.

Detaljer

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar. Opningstid SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar. SFO tek til kl.07.00-08.20 (utetid-08.30) og etter skuletid kl. 13.15/14.00 og 12.00-16.30. SFO har ope 190

Detaljer

SEIM BARNEHAGE Velkomen til nytt barnehageår

SEIM BARNEHAGE Velkomen til nytt barnehageår Praktiske opplysningar og informasjon om Seim barnehage: Seim barnehagen SA er ein privat, foreldredriven andelsbarnehage. Den tredde i kraft august 08, og er ei samanslåing av tidlegare Seim korttidsbarnehage

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Åmotsdal barnehage Seljord kommune Adresse: Åmotsdalsvegen 1253, 3844 Åmotsdal Tlf: 35 05 13 75 E-post: amotsdal.barnehage@seljord.kommune Styrar: Ann-Christin Freberg Høgetveit. Opningstid:

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SANDØY Vedtektene er utarbeidd i samsvar med Lov om barnehagar av 17. juni 2005. 1 EIGARTILHØVE. Sandøy kommune eig og driv barnehagen

Detaljer

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start Generell Årsplan 2012-2015 Barnehageeininga Samnanger kommune Saman om ein god start 1 Organisering. Barnehageeininga har ein felles einingsleiar og styrar på kvar barnehage. Opptakskrins og plassering.

Detaljer

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE 2015-2016 INNHALD Innhald 2 Kort om skulefritidsordninga 3 Opningstider og tilbod i feriane 4 Påmeldingsfristar 5 Personalet ved SFO 6 Hovudmålsetjing 7 Dagsrytmen 8

Detaljer

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage Praktisk informasjon om Treungen barnehage Barnehageåret 2017 2018 Desse møter du i Treungen barnehage: Einingsleiar/styrar: Gro Midtsund, 100%. Telefon: 350 48 477 mobil: 91 38 26 46 Spesialpedagog i

Detaljer

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift. Lærdal kommune VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE Vedteke i kommunestyre 10.03.2016, gjeldande frå 01.05.2016 1 Drift: Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald

Detaljer

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel. Velkommen til Ulveset SFO SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod, og er ein del av skulen si verksemd. Skule og SFO har eit tett samarbeid og bidrar til eit heildags tilbod for dei yngste barna

Detaljer

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå 15.08.12 Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra Side 2 VEDTEKTER FOR KOMMUNALE SKOLEFRITIDSORDNINGER I AUKRA KOMMUNE. 1 Eigarforhold. Aukra

Detaljer

Røysekatten Barnehage PRAKTISK INFORMASJON Røysekatten barnehage

Røysekatten Barnehage PRAKTISK INFORMASJON Røysekatten barnehage PRAKTISK INFORMASJON Røysekatten barnehage 2013-2014 1 PRAKTISK INFORMASJON BARN MED REDUSERT PLASS Barn som ikkje går kvar dag kan ikkje rekne med å få med seg alt av turar og arrangement. Dei vil likevel

Detaljer

VELKOMEN SOM BRUKAR I STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE

VELKOMEN SOM BRUKAR I STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE Stokkalandsmarka barnehage VELKOMEN SOM BRUKAR I STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE Kontoradresse: Postadresse: Telefon: Org nr: Stokkalandsbakken 2, 4362 Stokkalandsbakken 2, 4362 51 43 56 40 964 969 590 Vigrestad

Detaljer

Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post:

Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post: Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: 70088416, e-post: sirlihaugen@mimer.no, http://sirlihaugen.barnehage.no/ RETNINGSLINJER FOR DRIFT AV SIRLIHAUGEN BARNEHAGE Fastsett av styret 07.09.04 og gjeldande

Detaljer

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage Praktisk informasjon om Treungen barnehage Barnehageåret 2016 2017 Desse møter du i Treungen barnehage: Einingsleiar/styrar: Gro Midtsund, 100%. Telefon: 350 48 477 mobil: 91 38 26 46 Spesialpedagog i

Detaljer

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert 26.03.2014

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert 26.03.2014 Vedtekter for barnehagane i Austrheim Oppdatert 26.03.2014 Innhald: side 1. Føremål 4 2. Forvaltning 4 3. Opningstider/barnehagerute 4 4. Ferieavvikling for barn 5 5. Areal 5 6. Betalingssatsar 5 7. Opptak

Detaljer

Velkommen til Tussejuv barnehage!

Velkommen til Tussejuv barnehage! Velkommen til Tussejuv barnehage! INFORMASJONSHEFTE Adresse: Brøløsvegen 8, 3840 Seljord Telefon: 35 06 51 80 / -81/ -82 Styrar: Gunhild Sundbø E-post: tussejuv.barnehage@seljord.kommune.no Seljord kommune

Detaljer

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE MODALEN KOMMUNE Modalen Barnehage 5729 Modalen Tlf. 56 59 91 90 VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE Vedteke i kommunestyret.. Verknad f.o.m. 1 Innleiing I fylgje Lov om barnehager 7 skal barnehagen ha vedtekter

Detaljer

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol. VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 01.08.16 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar

Detaljer

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. Kvinnherad kommune MØTEINNKALLING Utval Komite for oppvekst, kultur, idrett Møtedato 25.01.2011 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post:

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

SFO BØ SKULE SKULEÅRET 2014-2015.

SFO BØ SKULE SKULEÅRET 2014-2015. SFO BØ SKULE SKULEÅRET 2014-2015. BØ SKULE Rektor: Gyrid Kvaale tlf: 35059452 Sentralbord: Gunn Berit Sønstebø tlf: 35059450 SFO leiar: Liv Bente V. Øygarden tlf: 35059473 MEDARBEIDARAR PÅ SFO SKULEÅRET

Detaljer

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018 Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018 INFORMASJON TIL FORELDRE/FØRESETTE: Først og fremst: Me ønskjer alle barn og føresette velkommen til eit nytt skuleår! Me i SFO gler oss til å bli kjende med nye elevar,

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Åmotsdal barnehage Seljord kommune Adresse: Åmotsdalsvegen 1253, 3844 Åmotsdal Tlf: 35 05 13 75 E-post: amotsdal.barnehage@seljord.kommune Styrar: Ann-Christin Freberg Høgetveit. Opningstid:

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD Vedtatt av Seljord formannskap i sak 20/12, 9.2.2012. Administrativt revidert 1.september 2014 1. Eigar- og driftsforhold. Seljord kommune eig og driv barnehagane i

Detaljer

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE 2012 13 SAMARBEIDSUTVALET Samarbeidsutvalet er samansett av 6 medlemar, 2 valde av foreldre, 2 valde av

Detaljer

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid Kviteseid kommune Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid Vedteke i Hovudutval for Oppvekst og Omsorg (HOO), den 02.02.2017 1. Eigartilhøve Kviteseid kommune eig, driv og fører tilsyn med desse

Detaljer

Årsplan for

Årsplan for Årsplan for 2015-2016 Fister SFO 1 Innholdsfortegnelse Aktivitetsplan... 3 Hausten 2015... 3 Aktivitetsplan... 4 Våren 2016... 4 Hovudmåla for SFO jamfør opplæringslova 13-7... 4 Målsetjing... 5 SFO tilbodet...

Detaljer

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016 Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: Kvar dag 06.45 17.00 Kjøp av tid: Dersom det er ledig plass og nok vaksne,

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE Vedteke i kommunestyre 20.06.2013 1 Drift: Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift. Barnehagane skal drivast

Detaljer

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO. ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO. VELKOMMEN TIL ØYE SKULEFRITIDSORDNING Målsettingane vi arbeider etter i Øye SFO, bygger på ei fritidspedagogisk plattform. Den frie u leiken er viktig for oss, men

Detaljer

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4. VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I STORD KOMMUNE 1. Eigartilhøve Stord kommune er ansvarleg for drifta av dei barnehagane som er omfatta av desse vedtektene. Barnehagane er administrativt knytt til rådmannen.

Detaljer

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS 1. EIGARTILHØVE Barnehagen er eigd og driven av Grete Håvardsholm Dramdal og Hilde Grindevik i Sæ barnehage AS. Vedtektene er fastsett av eigarane innanfor ramma av gjeldande

Detaljer

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule!

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule! SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik, respekt og gode utvikligsvilkår. Det blir

Detaljer

SEIM BARNEHAGE Praktiske opplysningar og informasjon om Seim barnehage:

SEIM BARNEHAGE Praktiske opplysningar og informasjon om Seim barnehage: Kven er vi? Seim barnehagen SA er ein privat, foreldredriven andelsbarnehage. Den tredde i kraft august 08, og er ei samanslåing av tidlegare Seim korttidsbarnehage og Sprøkland familiebarnehage. Januar

Detaljer

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid Kviteseid kommune Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid Vedteke i Hovudutval for Oppvekst og Omsorg (HOO), den 28.01.2015 1. Eigartilhøve Kviteseid kommune eig, driv og fører tilsyn med desse

Detaljer

10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013

10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 INTERNT NOTAT MASFJORDEN KOMMUNE «SSE_NAVN» Til: Kommunestyret Frå: Alf Strand Dok. ref. Dato: 10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 Vedtekter for barnehagane i Masfjorden Vedlagt følgjer reviderte vedtekter

Detaljer

Askeladden barnehages ABC

Askeladden barnehages ABC Askeladden barnehage Askeladden barnehages ABC eit informasjonshefte Kontoradresse: Postadresse: Telefon: Telefax: Org nr: Stokkalandsvegen 2, Stokkalandsvegen 2, 51 43 94 80 964 969 590 4363 Brusand 4363

Detaljer

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016 Vedtekter for barnehagane i Hemsedal Gjeldane frå 1. oktober 2016 Vedtatt i Kommunestyre 29.09. 2016 1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane

Detaljer

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg Brattholmen skulefritidsordning Nygårdsvegen 1 5350 Brattholmen Tlf: 55097504/91758497 E-post: liss.schumann@fjell.kommune.no S sosalisering og samspill F Fritid og felleskap O Omsorg SFO: SFO er eit fritidstilbod

Detaljer

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg Brattholmen skulefritidsordning Nygårdsvegen 1 5350 Brattholmen Tlf: 55097504/98088134 E-post: liss.schumann@fjell.kommune.no S sosalisering og samspill F Fritid og felleskap O Omsorg SFO: SFO er eit fritidstilbod

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SANDØY Vedtektene er utarbeidd i samsvar med Lov om barnehagar av 17. juni 2005 med siste endring Lov om barnehager 21.06.2013 1 EIGARTILHØVE.

Detaljer

BLI KJENT MED BARNEBO BARNEHAGE

BLI KJENT MED BARNEBO BARNEHAGE BLI KJENT MED BARNEBO BARNEHAGE NYTTIG Å VITE. AUKRATUN FURUTUN RIKSFJORD Skogtrolla 95037764 Skogstjerna 90 67 81 96 Maurtua 48 86 68 74 Bergtussane 47648786 Kvitveisen 90 63 04 59 Sjøstjerna 46 94 83

Detaljer

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel.

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel. Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013 BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel. Vi vil at alle barn skal kunne ta del i eit fellesskap der trygghet og trivsel står i fokus gjennom leik og læring.

Detaljer

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod:

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod: Vedtekter for SFO Skulefritidsordninga er heimla i Opplæringslova 13-7. Vedtektene vart vart av Komitè for oppvekst, kultur og idrett i november 2010. Revidert mars 2014 1. Om skulefritidsordninga: - Skulefritidsordninga,

Detaljer

Les mer generell informasjon fra Noresund barnehage : OPPTAK / SØKNADSFRIST PLANLEGGINGSDAGER 08/09 OPPSTART I BARNEHAGEN BRINGING/ HENTING

Les mer generell informasjon fra Noresund barnehage : OPPTAK / SØKNADSFRIST PLANLEGGINGSDAGER 08/09 OPPSTART I BARNEHAGEN BRINGING/ HENTING NYTTIG INFORMASJON Barnehagene i Norge reguleres av barnehageloven 17. juni 2005 nr 64. Med hjemmel i loven har Kunnskapsdepartementet fastsatt forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver.

Detaljer

Åpningstid Ferie Priser Plass Pris pr mnd Matpenger Bleier KJØP Pris Bytte av dager Planleggingsdager

Åpningstid Ferie Priser Plass Pris pr mnd Matpenger Bleier KJØP Pris Bytte av dager Planleggingsdager Åpningstid Barnehagen har åpent mandag til fredag kl. 07.00 16.30,med mulighet for lengre åpningstid enkeltdager etter avtale. Julaften holdes barnehagen stengt. Nyttårsaften og onsdag før skjærtorsdag

Detaljer

Handlingsplan Lye SFO

Handlingsplan Lye SFO Handlingsplan 2017-2018 Lye SFO Innhald 1. Innleiing 2. Skulen sin visjon 3. Skulen sitt pedagogiske grunnsyn, elevsyn og læringssyn. 4. Organisering 5. Vaksenrollen på SFO 6. Samarbeid SFO skule 7. Samarbeid

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13 Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Vedtekter for Fyresdal barnehage Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13 Vedtekter for Fyresdal barnehage 1. Eigar- og driftsforhold Fyresdal

Detaljer

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017 SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017 ÅRSPLAN 1 1. Opplæringslova om skulefritidsordning (SFO) 13-7.Skolefritidsordninga Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for

Detaljer

HORPESTAD SKULE OG BARNEHAGE Orrevn KLEPPE Tlf Epost:

HORPESTAD SKULE OG BARNEHAGE Orrevn KLEPPE Tlf Epost: HORPESTAD SKULE OG BARNEHAGE 30.06.2016 Orrevn. 304 4352 KLEPPE Tlf. 51 786260 Epost: horpestad.skule@klepp.kommune.no VELKOMMMEN TIL HORPESTAD SFO Me vil ønskja deg velkommen til oss på Horpestad SFO

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD Administrativt revidert 28. august 2017 1. Eigar- og driftsforhold. Seljord kommune eig og driv barnehagane i Åmotsdal, Flatdal og i Seljord sentrum. Barnehagane er

Detaljer

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014. ÅRSPLAN SFO Fusa oppvekstsenter INNHOLD Innleiing Foreldresamarbeid Pedagogikken i SFO Målsetting for SFO Aktiviteter inne/ute Oversikt over aktivitetar hausten 2014 Dagsrytme Info Innleiing Årsplan skal

Detaljer

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD KOMMUNE TLF SFO SELJORD: / TLF SFO FLATDAL:

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD KOMMUNE TLF SFO SELJORD: / TLF SFO FLATDAL: ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD KOMMUNE 2017-2018 TLF SFO SELJORD: 35051334 / 47608919 TLF SFO FLATDAL: 35051360 www.seljord.kommune.no FØREORD Denne planen er ei kort orientering til foreldre/ føresette om mål,

Detaljer

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Vedtekter for Åmli barnehagar Vedtatt i kommunestyret 13.12.2012, sak K 12/185 INNHALD: 1 Eigar... 3 2 Formål... 3 3 Foreldreråd og samarbeidsutval... 3 4 Opningstid... 4 5 Planleggingsdagar... 4 6 Leike-

Detaljer

SEIM BARNEHAGE Praktiske opplysningar og informasjon om Seim barnehage:

SEIM BARNEHAGE Praktiske opplysningar og informasjon om Seim barnehage: Kven er vi? Seim barnehagen SA er ein privat, foreldredriven andelsbarnehage. Den tredde i kraft august 08, og er ei samanslåing av tidlegare Seim korttidsbarnehage og Sprøkland familiebarnehage. Januar

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD Vedtatt av Seljord formannskap i sak 85/15, 29.10.2015. 2 1. Eigar- og driftsforhold. Seljord kommune eig og driv barnehagane i Åmotsdal, Flatdal og i Seljord sentrum.

Detaljer

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage Praktisk informasjon om Treungen barnehage Barnehageåret 2014 2015 Desse møter du i Treungen barnehage: Einingsleiar/styrar: Gro Midtsund, telefon: 350 48 477 mobil: 91 38 26 46 Fagleg utviklar 30%: Solveig

Detaljer

Barnehagebruksplan

Barnehagebruksplan Barnehagebruksplan 2016-2019 1 Vedlegg 4. Vedtekter i kommunale barnehagar Vedtekter i kommunale barnehagar frå 01.01. 2015 1. Eigarforhold og ansvar for drift av barnehagane. Hå kommune eig og driv for

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE Gjeld frå og med barnehageåret 2016-2017: KS-028/16 1 VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE Gjeld frå og med barnehageåret 2016-2017: KS-028/16 PARAGRAF 1:

Detaljer

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret 13.12.2012, sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret 21.12.

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret 13.12.2012, sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret 21.12. Vedtekter for Åmli barnehagar Vedtatt i kommunestyret 13.12.2012, sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret 21.12.2015, sak K 15/185 INNHALD: 1 Eigar... 3 2 Formål... 3 3 Foreldreråd og samarbeidsutval...

Detaljer

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar med forskrifter og retningslinjer departementet til ei

Detaljer

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur. Opplæring og kultur Vedtekter i kommunale barnehagar frå 01.01. 2016 1. Eigarforhold og ansvar for drift av barnehagane. Hå kommune eig og driv 14 barnehagar. Barnehagane vert drivne i tråd med Lov om

Detaljer

VELKOMMEN TIL HARØY BARNEHAGE

VELKOMMEN TIL HARØY BARNEHAGE VELKOMMEN TIL HARØY BARNEHAGE Velkomsthefte til foreldre og barn når dei startar i barnehagen Vi ønskjer alle barn og foreldre velkomne i Harøy barnehage, og håper de vil trivast saman med oss. Vi legg

Detaljer

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Tilleggsinnkalling av Formannskapet MODALEN KOMMUNE Tilleggsinnkalling av Formannskapet Møtedato: 31.01.2017 Møtestad: Formannskapsrommet Møtetid: 09:00-12:00 Det vert eit kort møte i valstyret før lunsj - sjå eiga møteinnkalling. Eventuelle

Detaljer

Årsplan for. Gjelsvik barnehage 2016/2017. ein god plass å vere VELKOMMEN TIL NYTT BARNEHAGEÅR! Satsingsområde2016/2017 Kommunikasjon, språk og Tekst

Årsplan for. Gjelsvik barnehage 2016/2017. ein god plass å vere VELKOMMEN TIL NYTT BARNEHAGEÅR! Satsingsområde2016/2017 Kommunikasjon, språk og Tekst Barnehagen sin årsplan byggjer på rammeplanen. Rammeplanen er eit verktøy som skal gje styrar, pedagogisk leiar og personalet elles ei forpliktande ramme for å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda

Detaljer

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE TLF SFO: /

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE TLF SFO: / ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE 2016-2017 TLF SFO: 35051334 / 47608919 www.seljord.kommune.no FØREORD Denne planen er ei kort orientering til foreldre/ føresette om mål, innhald og kva for aktivitetar

Detaljer

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST Halvtårsplan våren 2014 Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST Leirstaden Barnehage er ein kulturbarnehage. Vi spissar vår kompetanse og prosjekter i denne retninga. I Barnehageloven står det: Barnehagen skal formidle

Detaljer

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE TLF SFO: /

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE TLF SFO: / ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE 2015-2016 TLF SFO: 35051334 / 47608919 www.seljord.kommune.no FØREORD Denne planen er ei kort orientering til foreldre/ føresette om mål, innhald og kva for aktivitetar

Detaljer

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA. Osterøy kommune VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA. F Innhald FORORD... 2 VISJON OG VERDIAR... 3 SATSNINGSOMRÅDAR... 4 UTELEIK:... 4 TIDLEG INNSASTS:... 4 BORNS TRIVSEL

Detaljer

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2016/17

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2016/17 Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2016/17 SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus 0100.40.05.010 Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus 0100.40.05.010 Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2 KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda 0100.40.05.010 Vedtekter Nivå: 1. Volda Side : 1 Revisjon : 3 Erstatter : 2 Utarbeida av: Styrar i Oppigarden og styrar i Åsemyra barnehage Godkjend av direktør

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst PLAN- OG VURDERINGSARBEID I FYRESDAL BARNEHAGE 2017-2018 Vedlegg til årsplanen. August 2017 Formål "ehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta

Detaljer

Rådmannen - Samfunnsutvikling Vår ref: 2015/ Dato:

Rådmannen - Samfunnsutvikling Vår ref: 2015/ Dato: Side 1 Rådmannen - Samfunnsutvikling Vår ref: 2015/2563-2 Dato: 08.09.2015 Til: Frå: høyringsinstansar Astri Måkestad Høyring - Vedtekter kommunale barnehagar. Vedtekter for kommunale barnehagar skal reviderast.

Detaljer

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning Aukra kommune Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning Aukra kommune ephorte: 2012/67-54 Vedteke i kommunestyret den 06.09.16, sak 70/16 Gjeldande frå skoleåret 2017-2018 ephorte

Detaljer

Årsplan for Sagstad SFO skuleåret 2016/2017

Årsplan for Sagstad SFO skuleåret 2016/2017 Årsplan for Sagstad SFO skuleåret 2016/2017 Oversikt personal: Morten Isaksen (dagleg leiar) Anita Dale Anita Viketun Bertelsen Ann Christin Erlandsen Britt Elin Monstad Geir Hopland Heidi Viktoria Sætre

Detaljer

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette Barnehagane i Kviteseid Felles informasjon til føresette Gjeld frå barnehageåret 2016/2017 Om barnehagane i Kviteseid Barnehagane følgjer og arbeider etter Lov om barnehagar, Rammeplan for innhaldet i

Detaljer

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST Halvtårsplan haust/vinter 2013 Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST Leirstaden Barnehage er ein kulturbarnehage. Vi spissar vår kompetanse og prosjekter i denne retninga. I Barnehageloven står det: Barnehagen

Detaljer

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE 1 VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE 1 EIGAR Sør-Fron kommune eig dei kommunale barnehagane. 2 FORMÅL Dei kommunale barnehagane i Sør-Fron skal drivast i samsvar med lov om barnehagar

Detaljer

SAMARBEID HEIM OG SKULE

SAMARBEID HEIM OG SKULE SAMARBEID HEIM OG SKULE SLIK GJER ME DET PÅ VÅGEN SKULE Gjeld frå 30.08.2010 1 SAMARBEID HEIM- SKULE For å få skuletilbodet best mogeleg for elevane, ynskjer me å ha eit godt samarbeid mellom heim og skule.

Detaljer

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN RÅDMANNEN Vedteke i Aukra kommunestyre 18. oktober 2012, sak nr. 105/12. ephorte 12/420-3. 2 Dei kommunale barnehagane i Aukra skal drivast i samsvar

Detaljer

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE 6 Vedteke i K-sak 020/13 den 02.05.2013 Heimel for skulefritidsordninga Skulefritidsordninga er heimla i Opplæringslova i kap 13, 13-7 og i forskrift

Detaljer

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune Barnet symboliserer framtida, fordi det forvaltar mulegheitene fordi kvart barn kan bety verdas framgang, fornying, forløysing. Lars Oftedal Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune Vedtekter

Detaljer

Innhald. 1. Definisjon og formål for SFO side 3. 2. Retningslinjer side 3. 3. Reglement side 3. 4. Samarbeidsutvalet side 3. 5.

Innhald. 1. Definisjon og formål for SFO side 3. 2. Retningslinjer side 3. 3. Reglement side 3. 4. Samarbeidsutvalet side 3. 5. Innhald 1. Definisjon og formål for SFO side 3 2. Retningslinjer side 3 3. Reglement side 3 4. Samarbeidsutvalet side 3 5. Målsetjing side 4 6. Barnegruppa side 5 7. Tilsette side 5 8. Foreldresamarbeid

Detaljer

Årsplan for skulefritidsordninga ved Vågstranda skule

Årsplan for skulefritidsordninga ved Vågstranda skule Årsplan for skulefritidsordninga ved Vågstranda skule 2016-2017 Tlf.: 71166250 e-post: post.vaaskule@rauma.kommune.no Side 1 Innhaldsliste Visjon...3 Innleiing...3 Definisjon av SFO...3 Pedagogisk plattform

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer