Innkalling til møte i fylkesutvalet 6. desember 2012

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Innkalling til møte i fylkesutvalet 6. desember 2012"

Transkript

1 Fylkesordføraren Fylkesutvalet Vår ref.: (nyttast ved korrespondanse) Dykkar ref.: Bergen, 28. november /015/MBER Innkalling til møte i fylkesutvalet 6. desember 2012 Det vert med dette kalla inn til møte i fylkesutvalet TORSDAG 6. DESEMBER 2012 KL i Fylkeshuset, møterom 367 Hordaland, Agnes Mowinckels gate 5, Bergen Til dette møtet har Sveinung Valle meldt forfall. Marte Malones vert innkalla. Dersom nokon av utvalet sine medlemmer ikkje kan møta og må melda forfall, vert dei bedne om å gjere dette snarast ved å fylle ut skjemaet på Eventuelt kan ein nytte vedlagde forfallskjema (kan ikkje nyttast på ipad). Returner skjemaet på e-post til folkevalde@hfk.no eller send det på fax til Tom-Christer Nilsen fylkesordførar

2 HORDALAND FYLKESKOMMUNE SAKLISTE - Fylkesutvalet Saknr. Arkivsak Saktittel 295/ Godkjenning av møtebok - fylkesutvalet / Rekneskapsrapport pr. oktober / Skolebruksplan for Hordaland fylkeskommune Del 1 - Skolestruktur på Voss og i delar av Bergen sentrum 298/ Ny elev pc-ordning - privateigde elevmaskiner 299/ Økonomisk handlefridom II 300/ Klimaplanens handlingsprogram for / Delvis bompengefinansiering av Askøypakken - søknad 302/ Forvaltningsrevisjonen "Bruk av digitale verktøy og læremiddel i vidaregåande skule" - orientering om nye tiltak 303/ Konstituering i stillinga som fylkesrådmann 304/ Snøggbåt Nordhordland - Bergen 305/ Drosjeløyve med særskilte miljøkrav 306/ Videoovervaking av Askøybrua for å hindra sjølvmord 307/ Melding om overføring av Vaksdalsvassdraget til Samnangervassdraget - fråsegn 308/ Digital kommunikasjon som hovudregel - endringar i forvaltningslova - høyring 309/ Høyring - endring av akvakulturlova 310/ Intensjonsavtale om islandsk-norsk samarbeid / Godkjenning av 3 prosjektrekneskapar innan skulesektoren 312/ Justering av undervisningstilbodet for skoleåret / Endring i styrevedtektene for Hordaland fagskolestyre 314/ Konsesjonssøknad for Aldalselva kraftverk i Samnanger kommune - fråsegn 315/ Ny nettokonkurranse snøggbåt Hordaland Unnateke frå offentleggjering ledd 4

3 HORDALAND FYLKESKOMMUNE DELEGERTE SAKER - Fylkesutvalet Periode: 21. november desember 2012 Saknr.: 33/12-34/12 Saknr. Arkivsak Saktittel 33/ NY ORGANISERING AV OPPLÆRINGSSEKTOREN - HOVUDPROSJEKT INNSTILLING/VEDTAK FORELIGGER IKKE. 34/ PENSJONSPREMIE BUDSJETTREGULERING VEDTAK Budsjettet for 2012 vert endra slik, for å dekke bokført pensjonspremie: Meirutgift Fylkesting Sekretariat kontrollutv Fylkesrådmannen Økonomidirektøren Budsjettseksjonen Fylkeskassen Innkjøpsseksjonen Eigedomsseksjonen Administrasjonslokale Organisasjonsdirektøren Personalseksjonen Retrettstillingar Tillitsvalde Attføring og omstilling Info/servicesenter IT-seksjonen HMT-seksjonen Informasjonsseksjonen Administrasjonsseksjonen Regionalavdelinga Planseksjonen Næringsseksjonen Klima- og naturressurs Internasjonal seksjon Utviklingsseksjonen Samferdselsavd Meirinntekt 6

4 Skyss Skyss generell drift Kultur- og idrettsavd Adm. idrett Adm. Kulturminnevern Antikvarisk bygningsvern Fylkesarkiv Lokalhistorisk rettleiingsteneste Kulturnett Fylkesbibliotek Prosjekt / oppdrag Arkeologisk registrering Musikkføremål Den kulturelle skulesekken Barne/ungd. tilsk Fylkestannlegen Teknikarar Tannh. distr. Sentrum Tannh. distr. Nord Tannh. distr. Vest Tannh. distr. Sør Tannh. distr. Aust Kompetansesenter Oppl.avd. stab Spesialped. tenester Realkompetanse Oppl.avd. skole Inntak Eksamenskontor Fagskoleadm Teoriopplæring Administrasjonseksjonen Pedagogisk seksjon Senter for utd. og yrkesrådgj Bedrift Tilrettelagt oppl Skoleportalen Os gymnas Fana gymnas Voss gymnas Øystese gymnas Tertnes vgs Tanks vgs U. Pihl vgs Langhaugen vgs Bg. Katedralskole Bg. Handelsgym Bømlo vgs

5 Osterøy vgs Sandsli vgs Odda vgs Kvinnherad vgs Rubbestadnes vgs Voss vgs Slåtthaug vgs Knarvik vgs Norheimsund vgs Laksevåg vgs Arna vgs Åsane vgs Årstad vgs Austrheim vgs Bergen tekn. fagskole Askøy vgs Fusa vgs Sotra vgs Os vgs Fyllingsdalen vgs Austevoll vgs Voss husflidsskule Fitjar vgs Rogne vgs Bjørgvin vgs Bg. Maritime vgs Lønborg vgs Hjeltnes vgs Stend vgs Voss jbs Etne vgs Olsvikåsen vgs Nordahl Grieg vgs Garnes vgs Stord vgs OT/PPT Manger fhs Valen og Handeland gard Driftsleiartenesta Skysstasjonar/terminalar Lønsavsetjing Premieavvik Amortisering tidl. års premieavvik

6 HORDALAND FYLKESKOMMUNE SAKNR. 295/12 MØTEDATO Saksgang Møtedato Saknr Saksordførar Fylkesutvalet /12 Godkjenning av møtebok - fylkesutvalet Forslag til innstilling, sjå saksframlegg. 9

7 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga Administrasjonsseksjonen Arkivsak Arkivnr. 015 Saksh. Bertelsen, Mildrid Saksgang Møtedato Fylkesutvalet GODKJENNING AV MØTEBOK - FYLKESUTVALET SAMANDRAG Møteboka frå fylkesutvalet sitt møte vert med dette lagt fram for godkjenning. FORSLAG TIL VEDTAK Møteboka frå fylkesutvalet vert godkjent. Paul M. Nilsen fylkesrådmann Paul J. Manger kst. organisasjonsdirektør Vedlegg: Møteboka frå

8 HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Fylkesutvalet Dato: 21. november november 2012 Kl.: Stad: Solstrand Hotel og Bad, Os Saknr.: 257/12-294/12 MØTELEIAR Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen Fylkesvaraordførar Mona Hellesnes under sakene 277/12 og 293/12 DESSE MØTTE Grung, Ruth (A) Selsvold, Astrid F. (A) Søviknes, Terje (FRP) Ulvund, Inger Signe (FRP) Njåstad, Helge Andre (FRP) Nilsen, Tom-Christer (H) Strømme, Mona Røsvik (H) Kallevåg, Inge Reidar (H) Eriksen, Birthe (H) Nyborg, Torill Selsvold (KRF) Bondhus, Benthe (SP) Oen, Aud Karin (SV) Hellesnes, Mona Haugland (V) Klokkerstuen, Siri (A) Kvåle, Atle (A) FORFALL Valle, Sveinung (A) Nøss, Nils-Olav (A) DESSUTAN MØTTE Fylkesrådmann Paul M. Nilsen Økonomidirektør Johnny Stiansen Kst. regionaldirektør Matti Torgersen Opplæringsdirektør Svein Heggheim Samferdselssjef Anne Iren Fagerbakke Fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti Fylkestannlege Arne Åsan Personaldirektør Geir Davidsen Informasjonssjef Stanley Hauge Seniorrådgjevar Gro Stien Thorvaldsen som sekretær 1

9 MERKNADER TIL INNKALLINGA Det var ingen merknader til innkallinga Avdelingsdirektørane i fylkesadministrasjonen orienterte om «Årsbudsjett 2013 Økonomiplan » GODKJENNING AV SAKLISTA Torill Selsvold Nyborg sette fram slikt forslag: «Melding 249/12 vert lagt fram for dagens fylkesutval som sak.» Forslaget fekk 7 røyster (KrF, SP, SV, A) og fall. Ruth Grung bad om at brevet om «Uttalelse til Hordalandsbenken vedrørende regjeringens forslag til statsbudsjett for 2013 kulturdepartementet» som vart vedteke i fylkesutvalet vert lagt fram for fylkesutvalet som melding. Ut over dette vart saklista godkjend utan merknader. OPEN TIME Aud Karin Oen hadde sendt slike spørsmål til fylkesordføraren: «1) Pengar til rassikring som er ikkje brukt Nesten halvparten av midlane til rassikring av fylkesvegar i fjor blei ikkje brukt på landsbasis. 361,5 millionar kroner av løyvinga står ubrukt, påpeikar Riksrevisjonen, som kritiserer dette i ein rapport til Stortinget. Riksrevisjonen konstaterer at det også var et mindreforbruk i I rapporten kritiserer dei også at det i fjor berre blei brukt 45,5 millionar av ei løyving på nesten 144 millionar i tilskot til miljøvenleg transport. Spørsmål til fylkesordføraren: Korleis ser desse tala ut i Hordaland? 2) 4. og 5. studieår for elevar med særskilde behov Korleis er tala for dette i skuleåret? Kor mange får tilbod? Kor mange får eventuelt avslag? På spørsmålet om rassikring svarte samferdselssjefen at for perioden fekk Hordaland fylkeskommune tildelt 283 mill. kr (prisjustert til 296 mill. kr) frå Vegdirektoratet. Tildelt (mill. kr) Brukt (mill. kr) ,0 3, ,0 6, ,0 97, ,0 Den låge produksjonen i starten skuldast m.a. at det måtte utarbeidast nye planar og reguleringsplanar. Produksjonen både i 2012 og 2013 vil vere høg. På spørsmålet om miljøvenleg transport svarte fylkesordføraren at fylkeskommunen har brukt det som er tildelt frå staten. 2

10 Fylkesordføraren gav slikt svar på spørsmålet knytt til 4. og 5 studieår: «Skuleåret er dette forholdet mellom søknader og tilbod/avslag: Søkjarar til 4. år 65 Søkjarar som fekk 4. år 58 Søkjarar til 5. år 11 Søkjarar som fekk 5. år 7 Totalt tal på søkjarar 76 Totalt tal på avslag 11» Benthe Bondhus etterspurde status for venteromsfasilitetar på Flesland kai. Samferdselssjefen vil kome med svar i fylkesutvalet sitt møte 6. desember. Delegerte saker 31/12 og 32/12 vart refererte. MELDINGAR Periode: 25. oktober november 2012 Nr. Arkivsak Referatsakstittel 231/ Svar på høyringar 232/ Veksten i sentraladministrasjonen 233/ Vedrørende klage på fredning av Odda smelteverk - jf. kulturminneloven 15 og / Skilting og informasjon til vegfarande i Hordaland - Svar på oversendingsforslag i fylkesutvalet 235/ Zander Kaaes gate 6 - Grand Hotel Terminus - gnr 166 bnr Vedtak om fredning - Bergen kommune 236/ Læreplassar 2012 I samband med melding 236/12 spurde Ruth Grung om kor mange som har stroke i teori og kva som vert gjort for desse. Det vil kome svar i fylkesutvalet sitt møte 31. januar Mona Hellesnes sette fram slikt oversendingsforslag: «Fylkesutvalet ber om ei sak som vurderer bruk av alternative løp som fører fram til fagbrev. Saka må og gje informasjon om i kva grad Hordaland fylkeskommune nyttar dei ulike ordningane.» Hellesnes sitt forslag vart samrøystes vedteke oversendt til fylkesrådmannen. 237/ Takstdifferanse NSB-takst vs. enhetstakst Bergen-Arna I samband med melding 237/12 etterspurde Ruth Grung informasjon frå møte med NSB. Fylkesordføraren svarte at NSB, som i tidlegare møte, opplyste at dei ikkje har handlingsrom til å etablere enhetstakst Bergen- Arna. NSB har ikkje avtale med andre fylke. Eventuell samordning av takstar må gå gjennom Samferdselsdepartementet, og inneber ekstra støtte til NSB. Fylkesvaraordføraren opplyste at Hordaland fylkeskommune har 3

11 teke problemstillinga opp med fylkesordførarkollegiet, med sikte på å få like ordningar. 238/ Bruk av elevar til vedlikehald og mindre prosjekt på bygningsmassen til Hordaland fylkeskommune. 239/ Spelemidlar til idrettsanlegg 240/ Høring NOU 2012:15 - politikk for likestilling 241/ Den Norske Gasskonferansen 242/ Gamle Bjølvo kraftanlegg status I samband med melding 242/12 etterspurde Astrid F. Selsvold grunnlag for politisk avgjerd av kva som skal gjerast med Gamle Bjølvo kraftanlegg. På spørsmål om prosedyre for omgjering av mellombels freding, svarte fylkeskultursjefen at saka må til Riksantikvaren. 243/ Freda/verna objekt i Hordaland fylkeskommune - oversendingsforslag 244/ Utbetaling av resterende sum for 2012 i belønningsordninga for Bergensområdet - stadfesting av ytterlegare tiltak for måloppnåing I samband med melding 244/12 sette Ruth Grung fram slikt oversendingsforslag: «Arbeiderpartiet ber om å få vite korleis effektmål 2: «Biltrafikken inn mot Bergen sentrum skal i periodar med stor del arbeidsreiser, reduserast med 5 % i 4-års-perioden» vert definert og målt, samt kva tal ein har for 2011 og så langt I 2012.» Fylkesordføraren svarte at det vil kome tilbakemelding i samband med ordinær rapportering 31. januar / Hordaland si deltaking i Cardiff International Food and Drink Festival sluttrapport 246/ Utsending av saker - saker på internett og isak 247/ Flaskehalsar ved Vågsbotnkrysset 248/ Fråfallsproblematikk i vidaregåande skule 249/ Pensjonering for folkevalde I samband med melding 249/12 sette Torill Selsvold Nyborg på vegner av KrF, A, SV og SP fram slikt oversendingsforslag: «På bakgrunn av melding 249/12 vil eg be fylkesordføraren om å leggja fram sak om pensjon for politikarane i Hordaland fylkeskommune.» Fylkesutvalet vedtok samrøystes at det i eit seinare møte vert lagt fram sak om pensjon for folkevalde på bakgrunn av melding 249/12. I saka må også kostnader knytt til pensjonsordning vurderast. 250/ Utgreiing av snøggbåt mellom Sotra og Bergen 251/ Svar på oversendingsforslag om prioritering av bedrifter som tek samfunnsansvar ved å ta inn lærlingar ved innkjøp frå Hordaland fylkeskommune 4

12 I samband med melding 251/12 sette Ruth Grung fram slikt oversendingsforslag: «Fylkesutvalet ber fylkesrådmannen presisere kravet til at verksemdene ikkje berre er godkjende lærebedrifter, men kan dokumentere at dei har lærlingar. Ber også om at dette kravet vert innført for ferje og snøggbåt.» Grung sitt forslag vart samrøystes vedteke oversendt til fylkesrådmannen. 252/ Organisering av ungdomsarbeidet i HFK - forslag i fylkesutvalet I samband med melding 252/12 sette Ruth Grung fram slikt oversendingsforslag: «Det er ønskjeleg at fylkesadministrasjonen tek ansvar for all sakshandsaming av tilskot til barne- og ungdomsarbeid og at Ungdommens Fylkesutval får uttale seg i slike saker.» Grung sitt forslag vart samrøystes vedteke oversendt til fylkesrådmannen. Fylkeskultursjefen opplyste at problemstillinga vil verte vurdert i den samla gjennomgangen av Hordaland fylkeskommune sitt engasjement på ungdomsfeltet. 253/ Spørsmål om Vestnorsk Jazzsenter - forslag i fylkesutvalet / Folkevalde sine rammevilkår I samband med melding 254/12 etterspurde Ruth Grung evaluering av «hvordan folkevalgte opplever mulighetene for å utøve politikk, i hvilken grad de opplever sakene som opplyste, møteledelse, debattmulighet, samt praktiske sider som ipad osv.» Fylkesordføraren vil ha dialog med gruppeleiarane om problemstillinga. 255/ Tannlegetimar som står unytta 256/ Status for spørsmål/oversendingsforslag i fylkesutvalet pr november / Vedk. forsøk med bruk av biogass på bussane i Bergen 258/ Evaluering av belønningsordningen - oversendelse av rapport og frist for tilbakemelding 259/ Fylkeseldrerådet i Hordaland - uttale til forprosjekt for kollektivstrategi for Hordaland 260/ Møte i Kultur- og ressursutvalet 13. november Sak 104/ / Budsjettuttale frå Utdanningsforbundet - Fylkesbudsjett for 2013 og økonomiplan for

13 SAKNR. 257/12 GODKJENNING AV MØTEBOK - FYLKESUTVALET Fylkesrådmannen sitt forslag vart samrøystes vedteke- VEDTAK ( ) Møteboka frå fylkesutvalet vert godkjent. 258/12 ÅRSBUDSJETT 2013 / ØKONOMIPLAN Ruth Grung sette fram slikt forslag: «Merknad frå Ap: Arbeiderpartiet vil skjerme skolane, idrett og i størst mogleg grad tenestene til befolkninga. Inndekninga ved å redusere administrasjon, rapporteringa og tiltak med liten effekt for innbyggjarane. Etter same prinsipp som vårt budsjett for Fråfall er ei av våre største samfunnsutfordringar. Arbeiderpartiet er ikkje nøgd med at elevane vert nedprioriterte. Folkehelse og samhandlingsreform er eit felles ansvar. Vi ser det som klokt å prioritere fysisk aktivitet, idrett og frivillige organisasjonar til idrett i ei tid der vi ønskjer å auke den fysiske aktiviteten i befolkninga og spesielt blant barn- og unge. Kollektivtilbod må prioriterast for å binde folk og fylke saman. Arbeiderpartiet vil prioritere skole, idrett og kollektiv. Vi har også ei rekkje mindre tiltak som vi håpar å få støtte for. Regional utvikling Støtte Ole Bull ferja Heilt elektrisk slik at vi får gjennomført eit pilotprosjekt som kan bidra til å styrke vår maritime klynge i høve til grøn miljøteknologi. Både Transnova og Innovasjon Noreg har støtta prosjektet og dermed kvalitetssikra prosjektet. 4,3 mill over 5 år i driftstøtte frå 2014 (frå klimamidlar eller RUP). Ber fylkesrådmannen fremje sak i januar Raftostiftelsen. Bergen og Vestlandet har sterke tradisjonar på internasjonalt arbeid. Raftoprisen er blitt ein merkevare for vår region og stiftinga tilbyr verdifull opplæring til våre skoleelevar slik at dei er betre rusta til å møte dei globale utfordringane. Auke støtta frå ,- til ,-. Auka støtte til FiskeriForum Vest og Design Region Bergen. Begge desse nettverksorganisasjonene har tett kontakt med næringsaktørar og gjer ei banebrytande innsats på kvar sine felt men har store utfordringar med å få ut støtte frå BRB. Tek av BRB sin støtte. Kultur Auka støtte til BIFF. Film er eit sterkt verkemiddel med stor appell spesielt mot ungdom. Vår region har klart å markere oss spesielt på dokumentar. Auka støtte i BergenFest si ungdomssatsing. Musikk har stor appell og fleire barn og unge bør få muligheit til å delta på live-konserter i regi av ungdomssatsinga til BergenFest. 6

14 Hordaland Folkeakademi får auka løyvingane med ,- i tillegg til fylkesrådmannen si tilråding. Idrett og friluftsliv: Oppretthalde støtta til fylkesanlegg Gratis bruk av fylkeskommunale idrettsanlegg Auke støtta til Bergen Turlag frå til 1 million» Terje Søviknes sette på vegner av H, V og Frp fram slikt forslag: «1. Innleiing Konstellasjonen FrP/H/V legg med dette fram sitt budsjettframlegg for Budsjettet er delt i to delar; ein taldel og ein tekstdel med konkrete verbalframlegg. Framlegget er også drøfta med KrF, som har signalisert subsidiær støtte til budsjettframlegget. 2. Generelt Med dei økonomiske råmene Hordaland fylkeskommune står overfor i økonomiplanperioden finn ikkje FrP/H/V særleg rom for større endringar i korkje drifts- eller investeringsbudsjettet. Prosjekt handlefridom II er sett i verk for å ta ned driftskostnadane med om lag 100 mill. kr pr. år. Dette er naudsynt for å møta auka kapitalkostnad i fylkeskommunen dei kommande åra som følgje av store investeringar i primærtenestene skule og samferdsel. I ein slik fase er det ikkje rett å etablera vesentlege nye tiltak med tilhøyrande auka driftskostnader. FrP/H/V ser fram til slutthandsaminga av Prosjekt handlefridom II, og legg til grunn at prosjektet må enda opp med varige tiltak som betrar balansen i driftsbudsjettet. I ein situasjon med pressa økonomi må innsatsen dei næraste åra konsentrerast om primærtenestene. Fylket har store utfordringar knytt til slutthandsaming og realisering av Skulebruksplanen for Hordaland, vedlikehald og utbygging av fylkesvegnettet, samt auka satsing innan kollektivsektoren. Parallelt må Hordaland fylkeskommune arbeida målretta med utviklingstiltak for å kunna effektivisera drifta, auka servicenivået og betra tenesteproduksjonen overfor innbyggjarane i fylket. E-kommune-satsing, med heilelektroniske arbeidsprosessar, er eitt døme på utviklingsarbeid som bør stå i fokus dei kommande åra. Koalisjonen vil også be om at fylkesrådmannen vurderer om den fylkeskommunale organisasjonen er moden for ein meir gjennomgripande organisasjonsutviklingsprosess der ein m.a. ser på organisasjonsstruktur, styringsmodell, arbeidsprosessar og tenesteutvikling. I høve kollektivsektoren ser FrP/H/V fram til arbeidet med Kollektivstrategi for Hordaland. Her må fylkeskommunen leggja langsiktige strategiar for å utvikla kollektivtilbodet i fylket, - herunder auka framkome, ulike transportformer, rutetilbod, prispolitikk, billettering, marknadsføring, innfartsparkering osb. Koalisjonen vil komma attende til konkrete prioriteringar og tiltak for å styrkja kollektivsektoren i det kommande planarbeidet. FrP/H/V vil understreka at enkeltbillettillegget på kr 11 ikkje skal innførast før mobil- og kommisjonærsal er etablert. 3. Driftsbudsjettet 3.1 Opplæring og helse Konstellasjonen aukar driftsramme for vidaregåande skule med 10 mill. kr, og legg inn ei vidare satsing mot fråfall gjennom kr ekstra til sommarskule/leksehjelp. Det ligg også inne kr til utvikling av læremiddel i kinesisk. 7

15 På investeringssida legg ein inn 18 mill. kr til utbygging av trådlaus internett i dei vidaregåande skulane slik at nettet kan opnast for alle PC ar, Mac og Ipad. Kapitalkostnaden vert lagt inn i driftsbudsjettet. Tilskot til Utdanning i Bergen vert vidareført med kr til opplæring av rådgjevarar. Avsetning til underskotsfond i vidaregåandeskule vert redusert frå 10 mill. kr til 5 mill. kr. Dette tyder at eventuelle i underskot i skulane i 2013 ut over 5 mill. kr må dekkjast gjennom den ordinære rekneskapsavslutninga. Satsane for tannhelsetenester for vaksne vert auka med 1,6 mill. kr. Framleis ligg satsane langt under satsane i privat tannhelseteneste. 3.2 Samferdsel Vedlikehaldet på fylkesvegnettet vert auka med 10 mill. kr til dekkjelegging. Kollektivsektoren vert styrkt med 2 mill. kr til pendlarparkering og 2 mill. kr til auka ruteproduksjon i Bergensregionen. Desse tiltaka vert finansierte av forventa inntekt frå reklameprosjektet i sektoren, ref. budsjettframlegget frå FrP/H/V i Konstellasjonen legg til grunn at auka inntekter frå reklameprosjektet skal øyremerkjast kollektivsektoren. Innanfor kollektivsatsar legg konstellasjonen om til å harmonisera takstauken mellom båt og buss, samt vidareføra kortrabatten med 23 %. Tilskotet til Nye Bergensbanen vert auka til kr for å driva ekstra lobbyverksemd inn mot Nasjonal Transportplan i Det ekstra tilskotet på kr er eit eingongstilskot, og Buskerud fylkeskommune vert oppmoda om å gje eit tilsvarande tilskot. 3.3 Kultur og ressurs Konstellasjonen legg opp til ei omfordeling av 1 mill. kr frå nokre einskildtiltak innan kultursektoren og over til eksterne tilskot til barne- og ungdomstiltak knytt til fysisk aktivitet og idrett. Kultur- og ressursutvalet får mandat til å fordela midlane. 3.4 Andre tiltak FrP/H/V reduserer posten for omprofilering av fylkeskommunale bygg frå 10 mill. kr til 6 mill. kr i Dersom rekneskapsresultatet for 2012 gjev rom for det vil ein vurdera å auka opp at denne posten. For dei andre framlegga syner ein til taldelen under. 4. Driftsbudsjett taldel Auka kostnader / reduserte innt. Reduserte kostn. / auka inntekter Opplæring & Helse Auka ramme vidaregåande skole - drift Inv. 18 mill. kr i ope nett på vidaregåande skolar (rente/avdrag) Avsetning til overskot/underskudsfond på vgs Utarbeiding av læremiddel kinesisk Auka gjennomføring/redusert fråfall - sommarskole/leksehjelp Takstauke tannhelsetenesta (ca. 6 % auke frå 2012) Utdanning i Bergen - rådgjevaropplæring Samferdsel Vegvedlikehald - dekkjelegging/asfaltering fylkesvegar Innfartsparkering - samarbeid med omeignskommunane til Bergen Auka ruteproduksjon buss - byområde Inntekter frå reklame innan kollektivsektoren, ref. budsjett

16 Ikkje auke kortrabatt frå 23 % til 25 % Same takstauke båt/buss Auka tilskot til Forum Nye Bergensbanen (totalt kr i 2013) Kultur & Ressurs Auka tilskot barn/unge - idrett FriluftsrådetVest Nattjazz Skrivekunstakademiet Kulturnett Teaterdrift AS Regional utvikling Bortfall av ny saksbehandlar energi Administrasjon Auka parkeringsbetaling fylkesbygget Redusert løyving til profilering av fylkeskommunale bygg (4 mill. kr i redusert overføring frå driftsbudsjett til investeringsbudsjett) Fylkeskommunal næringsverksemd Bortfall av nettotilskot til Valen og Handeland gard (sal) Generelt Disposisjonsfond, rev. budsjett Sum Resten av Økonomiplanperioden vert justert tilsvarande. 5. Verbalframlegg A. Samarbeid Høgskolen i Bergen Amalie Skram Fylkestinget ber om at det vert teke initiativ til eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskolen i Bergen og Amalie Skram vgs., etter modell av samarbeidet mellom Universitetet i Bergen og Nordal Grieg vgs. B. Kollektivsektoren, - månadskort med fleksibilitet mellom transportformene Fylkestinget ber om ei utgreiing av muligheitene for å etablera eit månadskort for pendlarar som kan nyttast fleksibelt mellom dei ulike transportformene, ref. ungdomskortmodellen. C. Auka billettkontroll Fylkestinget ber Skyss intensivera arbeidet med billettkontroll oppdragande verknad. D. Utgreiing av regionalt bompengeselskap Fylkestinget ber om at det vert lagt fram ei utgreiing som synleggjer positive og negative konsekvensar av at dei prosjektrelaterte bompengeselskapa vert erstatta av eit regionalt bompengeselskap. Utgreiinga må vurdera dei ulike fasane i eit bompengeprosjekt; - tidleg fase med innsal av prosjektet og finansierings-/innkrevjingsfasen etter realiseringsvedtak.» Torill Selsvold Nyborg sette fram slikt forslag: Vi legg til grunn framlegg til budsjett 2012 frå fylkesrådmannen. I tillegg kjem desse satsingane: Politisk styring Pensjonsavtale for politikarar 1,5 mill. 9

17 Opplæring Elevombod («mobbeombod») Prosjekt med siktemål å styrka sjølvkjensla og motivasjonen for elevar som står i fare for tidleg slutting i vidaregåande skule. Kombinasjonen skule og arbeid må ha mykje større plass i vidaregåande skule. Det må etablerast eit stort Vestlandsprosjekt der NAV, fylkeskommunane, LO og NHO er partar. Støtte til Kongshaug musikkgymnas 2. halvår 2013 Samferdsel Asfaltering av sekundærvegnettet Oppstart hurtigbåt Nordhordland-Bergen Planleggingsmidlar til utviding av fergekai, Jondal sentrum og gang og sykkelveg Sætveithagen-Jondal Sentrum Utviding av Studentkort til å gjelda heile fylket Kultur Utvikling av pilgrimleiene Baroniet i Rosendal Hardingpuls Kirkens SOS Støtte til «Kjøtt» i Sandviken Jiri Hlinka Klaverakademi Alt i alt 0,8 mill. 0,5 mill. 0,5 mill. 0,5 mill. 3,0 mill. 0,5 mill. 1,0 mill 1,0 mill. 0,2 mill. 0,1 mill. 0,1 mill. 0,1 mill. 0,1 mill. 9,9 mill. Saldering Effektivisering av kursaktivitet Generell effektivisering av drifta i HFK Innsparing ved lågare sjukefråver Driftstøtte Valen og Handeland gard Støtte til nattjazzen vert redusert Alt i alt 2,0 mill. 4,0 mill. 3,0 mill. 0,75 mill. 0,15 mill. 9,9 mill. Verbalt forslag Støtte til flytting av Hordaland teater Tidsmessig fergemateriell Tørvikbygd-Jondal Prosjekt: Frå diesel og gass til hybride bussar X,0 mill. X,0 mill. X,0 mill» Aud Karin Oen sette fram slikt forslag: «Endring av årsbudsjett 2013 Same rammer som i fylkesrådmannen si innstilling. Politikk og administrasjon Kutt i tre nye stillingar som regionsleiarar mellom opplæringsdirektør og rektorane ca. 2 mill. kr. 10

18 Fellesfunksjonar Hovudposten politiske organ, administrasjon, fellesfunksj. vert redusert med 2 millionar gjennom krav om en generell innsparing. Nedjustering av politikarløner bør vere eit prioritert tiltak. Kultur 2,5 mill. kr vert sett på disposisjonsfond øyremerkt Nynorskscena i Bergen. Hovudposten kultur vert styrkt med totalt 3 millionar. Næring Hovudposten næring vert redusert med totalt 5,972 millionar gjennom bortfall av støtta til HOG-energi og BRB. Opplæring Hovudposten opplæring vert styrkt med totalt 12 millionar. Fordelt på utdanningsprogramma, fagopplæring i arbeidslivet, spesialundervisning. Elev/lærlingeombod 0,7mill. kr. Samferdsel Innsparing i ruteproduksjon ved å omgjera ei køyrebane i kvar retning til kollektivfelt på vegar med fire felt. 50 millionar. - utviding av ungdomskortet med eitt år: 6,5 mill. kr - utviding av studentkortet frå år: 3,9 mill. kr - behalda taksten på 27 kr på einskildbilettar på buss til ein har fått system som er gode nok for at alle kan løysa billett utan vanskar: 6 millionar - snøggbåt Nordhordland: 4 mill. kr - auka trykkleik bruksvegar: 4 mill. kr - elektrisk ferje Osterøy? Klimaplan Styrkja klimaplanen med 4 mill. kr.» Benthe Bondhus sette fram slikt forslag: «Endring budsjett Fylkestinget opprettar eit eige elev- og lærlingombod etter modell frå andre fylkeskommunar. + 0,5 mill 2. Fylkestinget opprettar ein eigen pott som dei vidaregåande skulane kan søkja på for å styrkja skulehelsetilbodet ved skulane. + 1,5 mill 3. Opplæringskontora er ein av de viktigaste leverandørane av læreplassar. I tillegg til at dei har tett kontakt med næringslivet, er dei også ein kvalitetssikrar som fagopplæringa er avhengig av. Desse må takast med i arbeidet både med å finna fleire læreplassar og i rekrutteringa til yrkesfag. +? 4. Fylkestinget får framlagt ei sak om skulehelsetenesta i den vidaregåande skulen der òg ei vurdering av ansvarsovertaking inngår. + 2,0 mill 5. Fylkestinget opprettar eit tilskot til skular med høgt fråfall for å tilby leksehjelp/sumarskule. 11

19 + 1,5 mill 6. Auka ramme Opplæring + 7,0 mill 7. Auka trafikksikring og vedlikehaldstiltak på fylkesvegane. + 9,5 mill 8. Utvida Trygt Heim ordninga til/i fleire kommunar. + 2,0 mill 9. Hordaland fylkeskommune må vera pådrivar for ei langsiktig og effektiv planlegging/ bruk av tildelte rassikringsmidlar. 10. Styrkja tiltak, Klimaplan handling + 3,0 mill 11. Hurtigbåt Nordhordland - Bergen + 3,0 mill Inndekking Konsesjonskraft 30 mill.» Røysting Forslaga frå Grung og Bondhus vart lagt ved saka. Oen sitt forslag fekk 1 røyst (SV) og fall. Nyborg sitt forslag fekk 1 røyst (KrF) og fall. Søviknes sitt forslag vart vedteke med 9 røyster (Frp, H, V, KrF) som innstilling til fylkestinget. INNSTILLING TIL FYLKESTINGET ( ) Årsbudsjett og økonomiplan vert vedtekne i samsvar med det utsende materialet og med følgjande presiseringar og endringar: 1. Innleiing Konstellasjonen FrP/H/V legg med dette fram sitt budsjettframlegg for Budsjettet er delt i to delar; ein taldel og ein tekstdel med konkrete verbalframlegg. Framlegget er også drøfta med KrF, som har signalisert subsidiær støtte til budsjettframlegget. 2. Generelt Med dei økonomiske råmene Hordaland fylkeskommune står overfor i økonomiplanperioden finn ikkje FrP/H/V særleg rom for større endringar i korkje drifts- eller investeringsbudsjettet. Prosjekt handlefridom II er sett i verk for å ta ned driftskostnadane med om lag 100 mill. kr pr. år. Dette er naudsynt for å møta auka kapitalkostnad i fylkeskommunen dei kommande åra som følgje av store investeringar i primærtenestene skule og samferdsel. I ein slik fase er det ikkje rett å etablera vesentlege nye tiltak med tilhøyrande auka driftskostnader. FrP/H/V ser fram til slutthandsaminga av Prosjekt handlefridom II, og legg til grunn at prosjektet må enda opp med varige tiltak som betrar balansen i driftsbudsjettet. I ein situasjon med pressa økonomi må innsatsen dei næraste åra konsentrerast om primærtenestene. Fylket har store utfordringar knytt til slutthandsaming og realisering av Skulebruksplanen for Hordaland, vedlikehald og utbygging av fylkesvegnettet, samt auka satsing innan kollektivsektoren. Parallelt må Hordaland fylkeskommune arbeida målretta med utviklingstiltak for å kunna effektivisera drifta, auka servicenivået og betra tenesteproduksjonen overfor innbyggjarane i fylket. E-kommune- 12

20 satsing, med heilelektroniske arbeidsprosessar, er eitt døme på utviklingsarbeid som bør stå i fokus dei kommande åra. Koalisjonen vil også be om at fylkesrådmannen vurderer om den fylkeskommunale organisasjonen er moden for ein meir gjennomgripande organisasjonsutviklingsprosess der ein m.a. ser på organisasjonsstruktur, styringsmodell, arbeidsprosessar og tenesteutvikling. I høve kollektivsektoren ser FrP/H/V fram til arbeidet med Kollektivstrategi for Hordaland. Her må fylkeskommunen leggja langsiktige strategiar for å utvikla kollektivtilbodet i fylket, - herunder auka framkome, ulike transportformer, rutetilbod, prispolitikk, billettering, marknadsføring, innfartsparkering osb. Koalisjonen vil komma attende til konkrete prioriteringar og tiltak for å styrkja kollektivsektoren i det kommande planarbeidet. FrP/H/V vil understreka at enkeltbillettillegget på kr 11 ikkje skal innførast før mobil- og kommisjonærsal er etablert. 3. Driftsbudsjettet 3.1 Opplæring og helse Konstellasjonen aukar driftsramme for vidaregåande skule med 10 mill. kr, og legg inn ei vidare satsing mot fråfall gjennom kr ekstra til sommarskule/leksehjelp. Det ligg også inne kr til utvikling av læremiddel i kinesisk. På investeringssida legg ein inn 18 mill. kr til utbygging av trådlaus internett i dei vidaregåande skulane slik at nettet kan opnast for alle PC ar, Mac og Ipad. Kapitalkostnaden vert lagt inn i driftsbudsjettet. Tilskot til Utdanning i Bergen vert vidareført med kr til opplæring av rådgjevarar. Avsetning til underskotsfond i vidaregåandeskule vert redusert frå 10 mill. kr til 5 mill. kr. Dette tyder at eventuelle i underskot i skulane i 2013 ut over 5 mill. kr må dekkjast gjennom den ordinære rekneskapsavslutninga. Satsane for tannhelsetenester for vaksne vert auka med 1,6 mill. kr. Framleis ligg satsane langt under satsane i privat tannhelseteneste. 3.2 Samferdsel Vedlikehaldet på fylkesvegnettet vert auka med 10 mill. kr til dekkjelegging. Kollektivsektoren vert styrkt med 2 mill. kr til pendlarparkering og 2 mill. kr til auka ruteproduksjon i Bergensregionen. Desse tiltaka vert finansierte av forventa inntekt frå reklameprosjektet i sektoren, ref. budsjettframlegget frå FrP/H/V i Konstellasjonen legg til grunn at auka inntekter frå reklameprosjektet skal øyremerkjast kollektivsektoren. Innanfor kollektivsatsar legg konstellasjonen om til å harmonisera takstauken mellom båt og buss, samt vidareføra kortrabatten med 23 %. Tilskotet til Nye Bergensbanen vert auka til kr for å driva ekstra lobbyverksemd inn mot Nasjonal Transportplan i Det ekstra tilskotet på kr er eit eingongstilskot, og Buskerud fylkeskommune vert oppmoda om å gje eit tilsvarande tilskot. 3.3 Kultur og ressurs Konstellasjonen legg opp til ei omfordeling av 1 mill. kr frå nokre einskildtiltak innan kultursektoren og over til eksterne tilskot til barne- og ungdomstiltak knytt til fysisk aktivitet og idrett. Kultur- og ressursutvalet får mandat til å fordela midlane. 3.4 Andre tiltak FrP/H/V reduserer posten for omprofilering av fylkeskommunale bygg frå 10 mill. kr til 6 mill. kr i Dersom rekneskapsresultatet for 2012 gjev rom for det vil ein vurdera å auka opp at denne posten. For dei andre framlegga syner ein til taldelen under. 13

21 4. Driftsbudsjett taldel Auka kostnader / reduserte innt. Reduserte kostn. / auka inntekter Opplæring & Helse Auka ramme vidaregåande skole - drift Inv. 18 mill. kr i ope nett på vidaregåande skolar (rente/avdrag) Avsetning til overskot/underskudsfond på vgs Utarbeiding av læremiddel kinesisk Auka gjennomføring/redusert fråfall - sommarskole/leksehjelp Takstauke tannhelsetenesta (ca. 6 % auke frå 2012) Utdanning i Bergen - rådgjevaropplæring Samferdsel Vegvedlikehald - dekkjelegging/asfaltering fylkesvegar Innfartsparkering - samarbeid med omeignskommunane til Bergen Auka ruteproduksjon buss - byområde Inntekter frå reklame innan kollektivsektoren, ref. budsjett Ikkje auke kortrabatt frå 23 % til 25 % Same takstauke båt/buss Auka tilskot til Forum Nye Bergensbanen (totalt kr i 2013) Kultur & Ressurs Auka tilskot barn/unge - idrett FriluftsrådetVest Nattjazz Skrivekunstakademiet Kulturnett Teaterdrift AS Regional utvikling Bortfall av ny saksbehandlar energi Administrasjon Auka parkeringsbetaling fylkesbygget Redusert løyving til profilering av fylkeskommunale bygg (4 mill. kr i redusert overføring frå driftsbudsjett til investeringsbudsjett) Fylkeskommunal næringsverksemd Bortfall av nettotilskot til Valen og Handeland gard (sal) Generelt Disposisjonsfond, rev. budsjett Sum Resten av Økonomiplanperioden vert justert tilsvarande. 5. Verbalframlegg A. Samarbeid Høgskolen i Bergen Amalie Skram Fylkestinget ber om at det vert teke initiativ til eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskolen i Bergen og Amalie Skram vgs., etter modell av samarbeidet mellom Universitetet i Bergen og Nordal Grieg vgs. B. Kollektivsektoren, - månadskort med fleksibilitet mellom transportformene Fylkestinget ber om ei utgreiing av muligheitene for å etablera eit månadskort for pendlarar som kan nyttast fleksibelt mellom dei ulike transportformene, ref. ungdomskortmodellen. 14

22 C. Auka billettkontroll Fylkestinget ber Skyss intensivera arbeidet med billettkontroll oppdragande verknad. D. Utgreiing av regionalt bompengeselskap Fylkestinget ber om at det vert lagt fram ei utgreiing som synleggjer positive og negative konsekvensar av at dei prosjektrelaterte bompengeselskapa vert erstatta av eit regionalt bompengeselskap. Utgreiinga må vurdera dei ulike fasane i eit bompengeprosjekt; - tidleg fase med innsal av prosjektet og finansierings-/innkrevjingsfasen etter realiseringsvedtak. 259/12 FAGSKULETILBOD STORD - BUDSJETTENDRING Fylkesrådmannen sitt forslag vart samrøystes vedteke. VEDTAK ( ) Fylkesutvalet løyver 1 mill. kr til fjernundervisningstilbod innan maskinteknikk og elkraft på Stord. Budsjettet for 2012 vert endra slik: Fagskule kr Tilleggsl. fylkesutval kr /12 REGIONAL TRANSPORTPLAN HORDALAND (RTP) FRAMLEGG TIL PLAN MED HANDLINGSPROGRAM. Ruth Grung sette fram slikt forslag: «Tilleggsforslag: 4.4 Gang og sykkelvegar Endre siste setning i første kulepunkt til: Dette er eit viktig klima- og miljøtiltak, men også for trafikksikring og folkehelse. Endre siste setning i andre kulepunkt: Dette er i hovudsak eit trafikksikringtiltak og folkehelsetiltak. Nytt kulepunkt. 80 % av barn og unge i Hordaland bør gå eller sykle til skole. Fylkeskommunen vil i samarbeid med kommunar utarbeide kartleggingsverktøy og tiltakspakkar for å nå det nasjonale målet om meir aktiv kvardag. 4.5 Ferjedrift Nytt kulepunkt. Fylket skal vere ein aktiv pådrivar for at Hordaland vert leiande på miljøteknologi og støtte etablering av pilot på batteriferje. 5.1 Overordna rutestruktur for kollektivtrafikken utanfor Bergen Tillegg til pkt 1. Kollektivtilbodet må ta spesielt omsyn til barn og unge slik at rutene er tilpassa skulane og at dei kan ta del i fritidsaktivitetar. 5.2 Infrastruktur for kollektivtrafikken Nytt første kulepunkt: Framkometiltak for kollektiv må prioriterast i område der det er stor konkurranse med privatbil. Kollektivfelt, sambruksfelt, lysprioritet er aktuelle tiltak. Tillegg på Strategi: Trafikknutepunkt skal innehalde oppstillingsplassar for drosje. 15

23 5.4 Kollektivtilbod og reiseliv Tillegg til første kulepunkt: Reiselivets behov bør i størst mulig grad vere ein del av det ordinære rutetilbodet. Rutetilbodet bør vere føresieleg, helst over år, slik at reiseaktørar kan leggje det til grunn i si marknadsføring. 6. Transport i Bergens-området Nytt punkt til erstatning av dei to første kulepunkta: For Bergensområdet skal all vekst av persontransport takast med kollektiv, sykkel eller gange. 7.2 Jernbane Endre siste setning i første kulepunkt: Vossabanen og Ringeriksbanen skal byggjast i planperioden, med standard for høgfartsbane. Endre 3. kulepunkt: Vossebanen skal verta eit attraktivt tilbod med intercity-funksjon, og verta.. Endre i kulepunkt 7 om godshamn frå skal til bør. Nytt kulepunkt på strategi: etablere eit timetilbod mellom Bergen og Voss og ungdomskortet må gjelde for alle tog. 7.4 Sjøtransport Nytt kulepunkt: Meir gods på kjøl. S: det skal utarbeidast ein nærskipsfart-strategi for å få meir gods på kjøl. Nytt kulepunkt: Meir persontransport med båt. S: Det skal utarbeidast ein strategi på framtidsretta miljøvennleg persontransport på sjø. Nytt kulepunkt: Etablere ny fiskerihamn på Bømlo. S: saman med kommunen og fiskerinæringa starte arbeidet med lokalisering av ny moderne fiskerihamn på Bømlo. Tillegg og endring av følgjande tiltak i forhold til innstilling frå samferdsutvalet: Nytt Få fleire barn og unge til å gå eller sykle til skulen. Utarbeide eit kartleggingsverktøy for korleis barn og unge kjem seg til skulen i samarbeid med SVV. Utarbeide ei tiltakspakke som vert prøvd ut i utvalde kommunar. Nytt Fylket støtter etablering av eit pilotprosjekt for batteriferje. I samarbeid med næring, forsking og offentlege støtteordningar vert det arbeidd for å få starta opp ei pilotferje i full skala Endre siste setning til: Slike tilbod bør vere ein del av det ordinære rutetilbodet eller vurderast som sjølvfinansierande ruter Leggje til i første setning:,samt timetilbod og nattilbod til/frå Arna og Bergen. Ber fylkesrådmannen innarbeide følgjande prosjekt i handlingsplanen: Styrke fastlandforbindelsen for Austevoll, Fedje og Espevær. Betre ferjetilbodet mellom Austevoll og fastlandet, mellom Fedje og fastlandet, samt båttilbodet til Espevær. Overordna vegnett Fylkeskommunen må vere ein pådrivar for å få realisert utbetring av Fv 561 Kolltveit Ågotnes og Fv 555 Kolltveit Austefjorden. 16

24 Fv Tørvikbygd- Norheimsund vert ein del av overliggjande fylkesvegnett. Jondaltunnelen har skapt eit nytt reisemønster. Løyse kaiutfordringane i Tørvikbygd og Jondal evt. sette inn to mindre ferjer. Fv 569 mellom Dalseid og Eidsland må oppgraderast med ny Høgarbergtunnel. Fv 314 Dale-Bulken over Bergsdalen er ein viktig omkøyringsveg for E16 og må få status som overordna fylkesveg etter kriterium 3. Vegen til Fiskerihamnen på Austevoll via austsida av Huftarøy vert ein del av overordna vegnett. Fv 7 må oppgraderast som viktigaste veg for heile Hardanger og som avlasting for E16. Fv 48 oppstart av ny veg mellom E134, Etne og Skånevik. Sikre nok planmidlar og at eksisterande kommuneplan vert vurdert i planprosessen. Ny Fv Etne- Sauda har så langt vore eit samarbeidsprosjekt for Sauda/Etne/Hordaland/ Rogaland. Dei fire partane har løyvd likelydande summar til planarbeid. Reguleringsplan er snart klar. Hordaland fylkeskommune må vere pådrivar for realisering av prosjektet slik at det kan startast opp i siste del av perioden. FV 57 Knarvik-Mongstad omklassifisert til Riksveg Anna vegnett Fv Vesetgjelet og tilførsel til nytt næringsområde planlagt på Espevoll (Osterøy). Vil auke næringsareal i regionen. Fv 360 Bruvikvegen tilkomst til nytt bustadområde (Osterøy). Bru over Torangsvågen vert realisert før 2017 (Austevoll). Trafikktryggleik. Utbetring av Alversund bru på Fv 565 (Radøy), for å betre trafikkflyten. Fv 34 Skånevistranda treng oppgradering (Etne).» Torill Selsvold sette fram slikt forslag: Tillegg til innstillinga I samarbeid med Masfjorden kommune og næringslivet, vil Hordaland fylkeskommune bidra med utviklingsmidlar til Masfjordbrua i første halvdel av planperioden. Det medfører start på prosjektet i 2018.» Aud Karin Oen sette fram slikt forslag a): «Samferdselsutvalet støttar framlegget til Regional Transportplan Hordaland med desse endringane: a. Inga støtte til auka terminalkapasitet som skal auka trafikkapasiteten ved Flesland. Ny plan må ta bort delmålet om kapasitetsutviding ved Bergen Lufthamn Flesland. b. All ny vegkapasitet mot Bergen sentrum må bli utsett til kollektivtilbodet er blitt langt betre. c. Mindetunnelen, Nyborgtunnelen, Skansentunnelen, Ringveg Vest og ferjefri kyststamvei må ut av planen. d. Erstatta plan om 4-feltsvei Ringvei Øst med ein trafikksikker 2-feltsveg med midtdelar 17

25 og skulder. e. Biltunnel frå Arna må ut av planen. f. Ny bru til Sotra må ha to felt og vera reservert til buss og seinare bybane. g. Kollektivfelt med sambruksfelt som overgangsordning på alle firefelts innfartsårer til Bergen. h. Mål om kraftig opprusting av Bergensbana med sikte på reisetid på 4 timar innan i. Eit eige program for Bergen som landets beste kollektivby med grøn teknologi frå neste anbodsperiode. Ny plan for utvida bruk av trolleybuss til Oasen, Nattland og Paradis. j. Eit system for sanntid køovervaking av vegnettet inn mot Bergen særlig med sikte på å skaffe data om tidsbruk for kollektivtrafikken. k. Ny ambisiøs bybane-visjon med ringbanesystem slik: i. Mot Fana: Sentrum-Fløen-Haukeland Sjukehus Kronstad - Mindemyren- Lagunen. ii. Mot Vest: Sentrum-Fløen-Haukeland Sjukehus Kronstad-Mindemyren-Oasen- Loddefjord-Sotra. Returbane via Laksevåg. iii. Mot Nord: Motorvegen som første byggetrinn inkludert linje til Klauvaneset. Returbane med vekt på å nå folkerike område vest for motorvegen. iv. Bybane Aust som kraftig oppgradering av togtilbodet til Arna med ny togtunnel. l. Plan for samanhengande sykkelnett i Bergensområdet. m. Plan for sikring av skolevegen med fysisk skilje og hovudregel med 30 km/t på veg som passerar skule. n. Plan for omgjering av bompengeringen rundt Bergen til miljøring. o. Auke i kollerktivdelen i Bergen opp til 25% i 2024, jfr. tabell side 53. p. Planen skal innarbeida forslag til parkeringsplan for Bergensområdet med færre p-plassar i tråd med fylket sin klimahandlingsplan. Mona Røsvik Strømme sette fram slikt forslag: «Endring i kap Omtale av prioriterte prosjekt Storskaret-Arefjordspollen side 11 Siste setning i andre avsnitt går ut og vert erstatta av følgjande: For at vi skal kunne gjennomføra prosjektet etter oppsett tidsramme, må det arbeidast vidare med moglege løysingar for ytterlegare reduksjon av kostnadane og/eller supplere med anna finansiering.» Aud Karin Oen sette fram slikt forslag b) på vegner av SV og KrF: «Nautnes bru i Øygarden vert lysregulert.» 18

26 Røysting Oen sitt forslag a) fekk 1 røyst (SV) og fall. Oen sitt forslag b) vart samrøystes vedteke som innstilling til fylkestinget. Strømme sitt forslag vart samrøystes vedteke som innstilling til fylkestinget. Grung sitt forslag punkt 4.4. Endre siste setning i første kulepunkt vart samrøystes vedteke som innstilling til fylkestinget. Grung sitt forslag punkt 5.4 Rutetilbodet vart samrøystes vedteke som innstilling til fylkestinget. Grung sitt forslag punkt 7.2 Endre 3. kulepunkt vart samrøystes vedteke som innstilling til fylkestinget. Grung sitt forslag punkt 7.4 Fiskerihamn på Bømlo vart samrøystes vedteke som innstilling til fylkestinget. Grung sitt forslag punkt Leggje til i første setning vart samrøystes vedteke som innstilling til fylkestinget. Grung sine resterande forslag fekk 6 røyster (A, SP, SV) og fall. Nyborg sitt forslag fekk 2 røyster (KrF, SV) og fall. Innstillinga frå samferdselsutvalet vart samrøystes vedteken som innstilling til fylkestinget. INNSTILLING TIL FYLKESTINGET ( ) Fylkestinget vedtek med dette Regional transportplan Hordaland med følgjande endringar. Til Punkt om Kollektivstrategi for Hordaland må inn under regionale planar under utarbeiding. - Punkt om arbeidet med innfartsparkering må inn under andre regionale og kommunale utgreiingar eller prosessar. Til 2.3 Overordna verknader av planen Nytt punkt: Samarbeid med kommunane Kommunane sitt medansvar, og behovet for eit styrkt samarbeid mellom fylke og kommunane for å nå måla i RTP må understrekast. RTP skal vere eit synleg styringsdokument. Planar for areal, infrastruktur og transportavvikling må vere ein integrert del av kommunane sine regulerings- og planleggingsprosessar. Endring i kap Omtale av prioriterte prosjekt Storskaret-Arefjordspollen side 11 Siste setning i andre avsnitt går ut og vert erstatta av følgjande: For at vi skal kunne gjennomføra prosjektet etter oppsett tidsramme, må det arbeidast vidare med moglege løysingar for ytterlegare reduksjon av kostnadane og/eller supplere med anna finansiering. Til 4.3 Regionsentra og Delmål for trafikale knutepunkt (Ta setninga side 31, høgre bolk siste avsnitt, ut i eige punkt og legg til slik at det vert: ) Innfartsparkering Det vert viktig å etablere innfartsparkering med god kapasitet både for bil og sykkel. Lokale forhold som geografi, hyppigheit på kollektivtilbodet, om dette er knytt til større terminalar eller mindre haldeplassar tilseier at innfartsparkeringsanlegg vil variere mykje i storleik og tilpassing. Sentralt i dette arbeidet er at dei framtidige anlegga skal gjere overgangen til kollektivnettet smidig, og vere lokalisert slik at det vert attraktivt å nytte kollektivtransport. Nytt delmålpunkt: Å utvikle gode innfartsparkeringar, med kapasitet og fasilitetar tilpassa lokale og regionale forhold. 19

27 4.3.1 Nytt punkt der det passar: Raste- og kvileplassar for langtransport er under utarbeiding nasjonalt, det kan og vere aktuelt å vurdere på stader med mykje godshandtering, særleg om dei ligg langt unna riksvegnettet. 4.4 Gang og sykkelvegar Endre siste setning i første kulepunkt til: Dette er eit viktig klima- og miljøtiltak, men også for trafikksikring og folkehelse Tillegg til avsnittet om bussruter (avsnitt 2): Det er viktig at korrespondansar mellom dei ulike tilboda er god. Ei utfordring framover i arbeidet med rutestruktur og kollektivstrategi er å få lokale ruter og område med låg dekning til å passe best mogleg med det andre kollektivnettet. Skyss og kommersielle aktørar må samarbeide tett om dette, samt tekniske løysingar. Nytt tillegg til avsnittet om snøggbåtar (endre frå og med siste setning): Per i dag er miljøbelastninga frå eksosutslepp mykje større enn for buss. Men nye anbodskrav og bruk av ny teknologi i RTP-perioden kan gjere snøggbåt til eit meir klimavennlig tilbod. Å vurdere om ein kan avlaste vegnettet med transport på miljøvenlege snøggbåtar vert eit viktig strategisk middel som det må jobbast med fram mot neste rullering. Nytt avsnitt under Informasjon og marknadsføring, s.47. God skilting, informasjon og marknadsføringsmateriell på fleire språk er viktig i heile regionen. Mange tilreisande og ein internasjonal arbeidsmarknad gjer det viktig å få dette på plass også utanom turistsektoren. 5.4 Kollektivtilbod og reiseliv Tillegg til første kulepunkt: Rutetilbodet bør vere føreseieleg, helst over år, slik at reiseaktørar kan legge det til grunn i si marknadsføring. Til punkt 6.2 (Stryke siste setning i siste avsnitt før "Målføresetnader og oppfølging...", og set framlegget inn i teksten før "Gangmålet frå Klimaplanen..."). For å oppfylle Klimaplanens intensjonar om sykkelandel, må andelen aukast monaleg i heile fylket. Det må setjast lokale mål i dei enkelte sykkelstrategiane som reflekterer dette. I sentrale delar av byane og tettstader bør sykkelandelen i høve til NTP liggje i intervallet 10 %-20 %. (Punkt om mål om % må takast med i delmål for del 6, side 8). 7.2 Jernbane Endre 3 kulepunkt: Vossebanen skal verte eit attraktivt tilbod med intercity-funksjon, og verta Mål om kraftig opprusting av Bergensbana med sikte på reisetid på 4 timar innan Leggje til i første setning:, samt timetilbod og nattilbod til/frå Arna og Bergen Sjøtransport Nytt kulepunkt: Etablere ny fiskerihamn på Bømlo S: Saman med kommunen og fiskerinæringa starte arbeidet med lokalisering av ny moderne fiskerihamn på Bømlo. 20

28 7.3.2 Endring under utbyggingstiltak: Kapasiteten på lufthamna på Flesland er sprengd, men ansvaret for utbygging ligg i kommunal regulering og nasjonal finansiering. Fylket si rolle vert å avvikle den lokale transporten mest mogleg klimavenleg og det er svært viktig at Bybanen står klar innan ny terminal opnar Forskottering Endra første setning: Ved forskottering er det tale om.. Andre avsnitt går ut og vert erstatta med følgjande tekst: Forskottering er ei ordning for delar av infrastrukturutbygginga i dag, og kan vere eit alternativt verktøy når andre finansieringsløysingar ikkje er til stades gjennom ordinære prioriteringar. 8.3 Nytt punkt (punkt 8.3 Transportberedskap vert punkt 8.4): Nye finansieringsformar Med dei rammene fylkeskommunen har til rådvelde for å drifte og investere i samferdsle, er det i planperioden nødvendig å avklare i kva grad ein kan gjere seg nytte av alternative finansieringsformer. Det er viktig å få vurdert om ein på denne måten kan sikre ei meir føreseieleg finansiering, redusere byggjetid og kostnadsrisiko samt oppnå høgare standard og få reduserte driftsog vedlikehaldskostnader. Samfunnsøkonomisk lønnsemd, effektivitet og konsekvensar for politisk styring er viktige element i vurderinga. Det vil også vere viktig å få avklart eventuelle hindringar mot at alternativ finansiering vil eigne seg for fylkeskommunale prosjekt. Nautnes bru i Øygarden vert lysregulert. 261/12 NÆRINGSRETTA MIDLAR TIL REGIONAL UTVIKLING, - GODKJENNING AV PLAN FOR BRUK AV KOMPENSASJONSMIDLANE 2012 Terje Søviknes sette fram slikt forslag på vegner av H, Frp V, A, og Sp: 1. Fylkesutvalet godkjenner Plan for kompensasjonsmidlar 2012 innanfor områda samferdsel, kompetanseheving, bedriftsretta tiltak og administrasjon. 2. Fylkesutvalet ber arbeidsutval og styringsgruppe om å vurdera tiltak under område andre tiltiltak på nytt, og vurdera desse spesifikt i høve til målsetninga og dei vedtekne rammene for bruk av kompensasjonsmidlane.» Aud Karin Oen sette fram slik protokollmerknad: «Går i mot å gje pengar til Ferjefri kyststamveg.» Røysting Fylkesrådmannen sitt forslag inkl. E39 fekk 1 røyst (KrF) og fall. Fylkesrådmannen sitt forslag ekskl. E39 fekk 2 røyster (SV, KrF) og fall. Søviknes sitt forslag vart vedteke mot 1 røyst (KrF). VEDTAK ( ) 1. Fylkesutvalet godkjenner Plan for kompensasjonsmidlar 2012 innanfor områda samferdsel, kompetanseheving, bedriftsretta tiltak og administrasjon. 2. Fylkesutvalet ber arbeidsutval og styringsgruppe om å vurdera tiltak under område andre tiltiltak på 21

29 nytt, og vurdera desse spesifikt i høve til målsetninga og dei vedtekne rammene for bruk av kompensasjonsmidlane. Protokollmerknad frå SV Går i mot å gje pengar til Ferjefri kyststamveg. 262/12 TILSTANDSRAPPORT VIDAREGÅANDE OPPLÆRING 2011 / 2012 FOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Ruth Grung sette fram slikt forslag: «Tillegg: 1. Talet på ungdommar som gjennomfører vidaregåande opplæring i Hordaland vert auka til 80 %, medan det nasjonale målet er 75 %. 2. Fylkesutvalet ber om oversyn over resultata for kvar skole og lærefag. Fylkestinget har det overordna ansvaret for at våre elevar får eit godt opplæringstilbod og vi treng informasjon over kva skolar som gjer det bra og skolar som slit med å nå måla. Slik kunnskap er relevant for prioritering av ressursar og for skolebruksplanen.» Røysting Innstillinga vart samrøystes vedteken som innstilling til fylkestinget. Grung sitt forslag punkt 1. vart samrøystes vedteke som innstilling til fylkestinget. Grung sitt forslag punkt 2. vart samrøystes vedteke. VEDTAK Fylkesutvalet ber om oversyn over resultata for kvar skole og lærefag. Fylkestinget har det overordna ansvaret for at våre elevar får eit godt opplæringstilbod og vi treng informasjon over kva skolar som gjer det bra og skolar som slit med å nå måla. Slik kunnskap er relevant for prioritering av ressursar og for skolebruksplanen. INNSTILLING TIL FYLKESTINGET ( ) 1. Fylkestinget tek tilstandsrapport for vidaregåande opplæring 2011/2012 for Hordaland fylkeskommune til orientering. 2. Det vert bede om at tiltaket med lærarevaluering vert inkludert i tilstandsrapporten for 2012/ Talet på ungdommar som gjennomfører vidaregåande opplæring i Hordaland vert auka til 80 %, medan det nasjonale målet er 75 %. 263/12 PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING TILTAK 2013 Ruth Grung sette fram slikt forslag: «Alternativ forslag: 1. Fylkestinget sluttar seg til hovudtrekka i rulleringa av tiltaka for 2013 i Plan for kompetanseutvikling , men ber fylkesrådmannen styrke innsatsen i dei områda som kjem dårleg ut i tilstandsrapporten, så som matematikk, naturfag, vurdering, klasseleiing og skoleleiing. 2. Fylkestinget ber fylkesrådmannen om å inngå samarbeid med Høgskolen i Bergen for å utarbeide eit etterutdanningstilbod for yrkesfaglærarar i byggfag i høve ny kunnskap om 22

30 passivhus, miljøvenleg bygging og energitiltak i nye og eldre bygg. Det er ønskjeleg med eit tilbod som gir studiepoeng.» Røysting Grung sitt forslag vart samrøystes vedteke som innstilling til fylkestinget mot ingen røyster for innstillinga. INNSTILLING TIL FYLKESTINGET ( ) 1. Fylkestinget sluttar seg til hovudtrekka i rulleringa av tiltaka for 2013 i Plan for kompetanseutvikling , men ber fylkesrådmannen styrke innsatsen i dei områda som kjem dårleg ut i tilstandsrapporten, så som matematikk, naturfag, vurdering, klasseleiing og skoleleiing. 2. Fylkestinget ber fylkesrådmannen om å inngå samarbeid med Høgskolen i Bergen for å utarbeide eit etterutdanningstilbod for yrkesfaglærarar i byggfag i høve ny kunnskap om passivhus, miljøvenleg bygging og energitiltak i nye og eldre bygg. Det er ønskjeleg med eit tilbod som gir studiepoeng. 264/12 HØYRING PÅ FORSKRIFT OM RAMMEPLANAR FOR LÆRARUTDANNINGA FOR TRINN 8 TIL 13 Innstillinga vart samrøystes vedteken. VEDTAK ( ) 1. Fylkesutvalet har ingen merknad til forskrift om rammeplan for 3-årig faglærarutdanning i praktiske og estetiske fag. 2. Fylkesutvalet tilrår at kandidatane som har fagbrev framleis får høve til å ta praktisk-pedagogisk utdanning. 3. Fylkesutvalet har ingen merknad til forskrift om rammeplan for 5-årig integrert lektorutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning. 265/12 VEDTAK - REGIONAL PLANSTRATEGI FOR HORDALAND Aud Karin Oen sette fram slikt forslag: «Punktet om Regional plan for ferjefri E39 Aksdal-Bergen går ut. All vidare utgreiing vert stogga.» Røysting Innstillinga ekskl. punktet om E39 vart samrøystes vedteken som innstilling til fylkestinget. Innstillinga inkl. punktet om E39 vart vedteken som innstilling til fylkestinget med 14 røyster mot 1 røyst (SV) for Oen sitt forslag. INNSTILLING TIL FYLKESTINGET ( ) 1. Fylkestinget vedtek Regional planstrategi for Hordaland Budsjettmessige behov knytt til gjennomføring av planstrategien vert vurdert ved fordeling av midlar sett av til regional planlegging og ved oppstart av dei respektive planoppgåvene. 23

31 266/12 BESTILLING TIL REGIONALT FORSKINGSFOND VESTLANDET Ruth Grung sette fram slikt forslag: «Tillegg, nytt punkt 2: Opne for at forskingsinstitusjonar også får høve til å søkje om midlar når dei samarbeider med relevante bedriftsmiljø.» Røysting Innstillinga vart samrøystes vedteken som innstilling til fylkestinget. Grung sitt forslag vart samrøystes vedteke som innstilling til fylkestinget. INNSTILLING TIL FYLKESTINGET ( ) 1. Fylkestinget vedtek bestillinga til det regionale forskingsfondet på Vestlandet, og føreset at det komande styret for forskingsfondet legg dette til grunn for sine årlege handlingsplanar og utlysingar. 2. Opne for at forskingsinstitusjonar også får høve til å søkje om midlar når dei samarbeider med relevante bedriftsmiljø. 3. Styret rapporterer årleg til fylkestinga, og fylkestinga kan eventuelt gje supplerande føringar. 4. Prioriteringa gjeld inntil det er gjort ny vurdering og vedtak i valperioden /12 EIN KUNNSKAPSBASERT KULTURPOLITIKK - FRÅSEGN Innstillinga vart samrøystes vedteken. VEDTAK ( ) 1. Hordaland fylkeskommune meiner rapporten En kunnskapsbasert kulturpolitikk gjev eit godt grunnlag for ei naudsynt auka satsing på forskings- og utviklingsarbeid innan Kulturdepartementet sine ansvarsområde og meiner at det bør utviklast ein opptrappingsplan for kulturpolitisk forsking. 2. Hordaland fylkeskommune meiner det er viktig med ei oppfølging av rapporten med ei tverrdepartemental tilnærming, slik at ansvarsområde og verkemiddel frå fleire departement vert sett i samanheng. Hordaland fylkeskommune vil påpeike at utviklingsarbeid bør vektleggjast på linje med grunnforsking og anvendt forsking og at dei regionale forskingsfonda bør vurderast brukt i FoU-arbeidet innan kulturfeltet. 3. Hordaland fylkeskommune stør forslaget om ei vidareføring av programmet «Virtuelt senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor» også etter Hordaland fylkeskommune stør forslaget om oppretting av eit forskingssenter innan mediefeltet og meiner det bør lokaliserast til Universitetet i Bergen, gjerne i samarbeid med Noregs handelshøgskole, Høgskolen i Bergen og Kunst- og designhøgskolen i Bergen. 5. Hordaland fylkeskommune vil rå til at det vert gjennomført ei omfattande utgreiing før ein tek stilling til ei eventuell etablering av eit eige forskingssenter for kultur. I utgreiinga bør også FoUarbeidet til Norsk kulturråd og kulturforskinga til Noregs forskingsråd vurderast. 24

32 268/12 REPRESENTASJON I STYRINGSGRUPPE I NOMINASJONEN AV KULTURMINNE I ODDA OG TYSSEDAL TIL UNESCO SI VERDSARVLISTE Ruth Grung sette fram slikt forslag: «Alternativ innstilling: 1. Fylkesutvalet er nøgd med at Miljøverndepartementet har avklart fredingsomfanget på Odda smelteverk og vil bidra til ei berekraftig forvalting som sikrar dei nasjonale kulturminneverdiane. Odda-samfunnet må no få utvikle seg vidare. Dei treng ei brei mobilisering som kan skape lokal begeistring etter nesten 10 år med uro og usemje. Moglegheitsanalysen må vere ein open og brei prosess, slik at tidlegare usemje vert avklart og lokale ressursar får bidra til utviklings-moglegheiter for heile Odda. Når moglegheitsanalysen er gjennomført, får Odda kommune ta stilling til om Unescosøknaden vert ein del av den vidare utviklinga av Odda. Fylkesutvalet forventar at Riksantikvaren er positiv til prinsippet om «vern gjennom bruk». 2. Fylkesutvalet vil peike på dei omfattande oppgåvene som ligg i istandsetjing og tilrettelegging av kulturminna på Odda smelteverk og vil be om at det vert løyvd monalege midlar frå statsbudsjettet kapittel 1429, post 72.8 i Fylkesutvalet ber om at dei freda bygga vert sikra snarast slik staten har lova. 3. Utgår. 4. Hordaland fylkeskommune vil saman med Odda kommune og lokale ressurspersonar setje ned ei arbeidsgruppe til å arbeide vidare med utvikling av Odda. Arbeidsgruppa vil mellom anna gje innspel til utforming av moglegheitsanalysen som staten skal finansiere. Arbeidsgruppa må setjast saman slik at den får brei legitimitet politisk og i næringsliv, kultur og ulike deler av befolkninga. 5. Fylkesutvalet nemner opp følgjande som Hordaland fylkeskommune sine representantar i samarbeidsrådet: Mona Hellesnes medlem Astrid F. Selsvold varamedlem 6. Fylkesutvalet ber om at fylkesrådmannen ved næringsavdelinga og kultur- og idrettsavdelinga stiller ressursar til disposisjon for arbeidsgruppa. 7. Utgår.» Røysting Grung sitt forslag punkt 1 vart samrøystes vedteke mot ingen røyster for innstillinga punkt 1. Innstillinga punkt 2 vart samrøystes vedteken. Grung sitt forslag punkt 2 vart samrøystes vedteke. Grung sitt forslag punkt 3 vart vedteke med 8 røyster mot 7 røyster (H, V, SV, KrF) for innstillinga. Innstillinga punkt 4, 1. setning, fekk ingen røyster og fall. Grung sitt forslag punkt 4, 1 setning, t.o.m.. «og lokale ressurspersonar» fekk 7 røyster (H, V, SV, KrF) og fall. Grung sitt forslag punkt 4 vart vedteke mot 7 røyster (H, V, SV, KrF). Innstillinga punkt 5 vart samrøystes vedteken. Grung sitt forslag punkt 6 vart samrøystes vedteke mot ingen røyster for innstillinga. Grung sitt forslag punkt 7 vart vedteke med 8 røyster mot 7 røyster (H, V, SV, KrF) for innstillinga. VEDTAK ( ) 1. Fylkesutvalet er nøgd med at Miljøverndepartementet har avklart fredingsomfanget på Odda smelteverk og vil bidra til ei berekraftig forvalting som sikrar dei nasjonale kulturminneverdiane. 25

33 Odda-samfunnet må no få utvikle seg vidare. Dei treng ei brei mobilisering som kan skape lokal begeistring etter nesten 10 år med uro og usemje. Moglegheitsanalysen må vere ein open og brei prosess, slik at tidlegare usemje vert avklart og lokale ressursar får bidra til utviklingsmoglegheiter for heile Odda. Når moglegheitsanalysen er gjennomført, får Odda kommune ta stilling til om Unesco-søknaden vert ein del av den vidare utviklinga av Odda. Fylkesutvalet forventar at Riksantikvaren er positiv til prinsippet om «vern gjennom bruk». 2. Fylkesutvalet vil peike på dei omfattande oppgåvene som ligg i istandsetjing og tilrettelegging av kulturminna på Odda smelteverk og vil be om at det vert løyvd monalege midlar frå statsbudsjettet kapittel 1429, post 72.8 i Hordaland fylkeskommune vil saman med Odda kommune og lokale ressurspersonar setje ned ei arbeidsgruppe til å arbeide vidare med utvikling av Odda. Arbeidsgruppa vil mellom anna gje innspel til utforming av moglegheitsanalysen som staten skal finansiere. Arbeidsgruppa må setjast saman slik at den får brei legitimitet politisk og i næringsliv, kultur og ulike deler av befolkninga. 4. Fylkesutvalet nemner opp følgjande som Hordaland fylkeskommune sine representantar i samarbeidsrådet: Mona Hellesnes medlem Astrid F. Selsvold medlem 5. Fylkesutvalet ber om at fylkesrådmannen ved næringsavdelinga og kultur- og idrettsavdelinga stiller ressursar til disposisjon for arbeidsgruppa. 269/12 BYSTASJONEN AS - TERMINAL SØR Ruth Grung sette fram slikt forslag: «Alternativ forslag: Fylkestinget godkjenner ikkje kostnadsoverslag/forprosjekt for terminal sør på Bystasjonen med ei kostnadsramme på 60 mill. kr. Ein ber fylkesrådmannen fremje eit nytt kostnadsoverslag basert på at Bergen kommune har bestemt seg for å rive Bygarasjen. Bergensprogrammet treng midlar til å sikre skolevegar, sykkelvegar og andre tiltak som kan auke framkome og trafikktryggleiken. Fylkesrådmannen sender ein ny søknad om statlige løyvingar tilsvarande 50 % av den totale kostnaden for å oppgradere kollektivterminalen slik fylkestinget la til grunn når oppgradering av den nordre delen vart vedteken. Politikarane har ansvar for å forvalte offentlege ressursar og bompengar på ein tillitvekkande måte og prioritere dei tiltaka som har størst effekt.» Røysting Innstillinga vart vedteken med 11 røyster mot 4 røyster (A) for Grung sitt forslag. INNSTILLING TIL FYLKESTINGET ( ) Fylkestinget godkjenner kostnadsoverslag/forprosjekt for terminal sør på Bystasjonen med ei kostnadsramme på 60 mill. kr. Det er ein føresetnad at Statens vegvesen gir tilsegn om statleg løyving på 60 mill. kr. Fylkestinget godkjenner forskottering av 60 mill. kr for mellombels finansiering. 270/12 INVESTERING I BYBANEVOGNER - BYGGETRINN 3 Innstilling vart samrøystes vedteken. 26

34 INNSTILLING TIL FYLKESTINGET ( ) Fylkestinget godkjenner at fylkesrådmannen får fullmakt til å gå i forhandlingar med vognleverandøren Stadler med sikte på anskaffing av 8 nye vogner og forlenging av 20 vogner til 42 meter. Fylkestinget skal godkjenna kjøpet. 271/12 TROLLEYBUSS - VIDAREFØRING AV KVALITETSAVTALE PÅ LINJE 2 Ruth Grung sette fram slikt forslag: «Nytt punkt: Fylkesutvalet ber fylkesrådmannen fremje ei sak om eit utvida Trolleybussnett som supplerer Bybanen i dei mest sentrale byområda. Ber saka synleggjere investering, drift og miljøeffektar.» Aud Karin Oen sette fram slikt forslag: «Tillegg: b) Trolleybussen med personale vert raskast mogleg overført til Bybanen. c) Fylkesutvalet ber Skyss leggje fram trafikktal for linje 2 og reknekap for bruk av tilskotet som er brukt til subsidier av trolleybussane. d) Utgreiing av forlenging av linje 2 til Paradis og Oasen vert lagt fram for SAMU.» Røysting Oen sitt forslag fekk 1 røyst (SV) og fall. Innstillinga vart samrøystes vedteken. Grung sitt forslag fekk 7 røyster (A, SV, SP, KrF) og fall. VEDTAK ( ) Fylkesutvalet gir fylkesrådmannen fullmakt til å framforhandle avtale med Tide Buss om vidareføring av kvalitetsavtale på linje 2 ut anbodsperioden for gjeldande avtale for rutepakke Bergen som er Fylkesutvalet ber om at resultatet frå forhandlingane vert lagt fram som eiga sak. 272/12 TRAFIKKAVVIKLING RV 555 MOT ASKØY OG SOTRA Mona Haugland Hellesnes sette fram slikt forslag på vegner av H, Frp, V, A, SP, SV og KrF: «Fylkesutvalet ber fylkesordførar gå i dialog med Politiet, Statens vegvesen og berørte kommunar for å få setje i verk strakstiltak i tilknyting til Rv 555 mot Askøy og Sotra.» Atle Kvåle sette fram slikt oversendingsforslag på vegner av A, KrF, SV, SP, H, Frp og V: «Fylkesutvalet ber om at fylgjande strakstiltak vert sett i verk i samband med trafikkavvikling Rv 555 Askøy og Sotra. 1. Det vert etablert innfartsparkering på Ågotnes og Straume. 2. Det vert sett opp fleire direktebussar Bergen-Sotra/retur. 3. Prøveordning med trafikkdirigering ved Valen/Arefjordskrysset. 4. Det bør utgreiast moglegheit for båtskyss Bergen-Sotra/retur.» 27

35 Aud Karin Oen sette fram slikt forslag: «Der RV 555 har fire felt skal to felt omgjerast til kollektivfelt med sambruksfelt som overgangsordning. Det skal utgreiast sak om hurtigbåt til Sotra.» Røysting Innstillinga fekk ingen røyster og fall. Oen sitt forslag fekk 1 røyst (SV) og fall. Hellesnes sitt forslag vart samrøystes vedteke. Kvåle sitt forslag vart samrøystes vedteke oversendt til fylkesordføraren. VEDTAK ( ) Fylkesutvalet ber fylkesordførar gå i dialog med Politiet, Statens vegvesen og berørte kommunar for å få setje i verk strakstiltak i tilknyting til Rv 555 mot Askøy og Sotra. 273/12 REKLAMEFINANSIERT KOLLEKTIVTRANSPORT - ORIENTERING Aud Karin Oen sette fram slikt forslag: «Alt vidare arbeid med reklamefinansiert kollektivtransport vert stogga. Fylkesutvalet legg til grunn at det offentlege rom i Hordaland skal planleggjast, styrast og finansierast over offentlege budsjett. Særleg byrommet skal vera ope for innbyggjarane til felles bruk. Eit stigande reklame- og kjøpepress i samfunnet, og mot born og unge, tilseier at ein må slå ring om ein reklamefri kvardag.» Røysting Innstillinga vart vedteken med 14 røyster mot 1 røyst (SV) for Oen sitt forslag. VEDTAK 1. Fylkesutvalet tek saka til orientering. 2. Fylkesutvalet godkjenner at samferdselsutvalet vert styringsgruppe for prosjektet. 274/12 TAKSTSØKNAD FOR BØMLOPAKKEN - UTTALE Inge Reidar Kallevåg og Siri Klokkerstuen gjekk frå som ugilde fordi dei sit i styret for Bømlopakken. Jf. forvaltningslova 6, 1. ledd e. Det var 13 representantar til stades. Innstillinga vart samrøystes vedteken. VEDTAK ( ) Fylkesutvalet sluttar seg til takstsøknaden for Bømlopakken. 28

36 275/12 NYTT KOLLEKTIVTILBOD I HARDANGER OG VOSS Aud Karin Oen sette fram slikt forslag: «Hordaland fylkeskommune vil syta for at det vert sett opp tilslutningruter langs RV 550 til/frå Odda som korresponderer med rutene til Haukeliekspressen. Hordaland fylkeskommune vil sikra at ferjesambandet Kinsarvik-Utne-Kvanndal vert drifta med 2 moderne ferjer og med same frekvens som no fram til 2017, slik at trafikken i og gjennom Hardanger finn det ferjemønsteret som tener folk best.» Astrid F. Selsvold sette fram slikt forslag: «Fylkesutvalet ber administrasjonen koma attende med framlegg til kollektivløysingar for vestsida av Sørfjorden og Fv 7 Granvin-Norheimsund.» Røysting Oen sitt forslag fekk 1 røyst (SV) og fall. Selsvold sitt forslag vart samrøystes vedteke. Innstillinga vart samrøystes vedteken. VEDTAK ( ) 1. Fylkesutvalet sluttar seg til at nytt regionalt hovudlinjenett for buss som er omtalt i rapporten «Nytt kollektivtilbud i Hardanger og Voss» gir eit godt grunnlag for å utvikle eit framtidsretta tilbod for kollektivtrafikken i området. 2. Fylkesutvalet legg til grunn at det samla tilskotsnivået i området skal vere på omlag same nivå som i dag. 3. Fylkesutvalet gir fylkesrådmannen fullmakt til å forhandle med operatør for å sikre ei disponering av ferjer og ressursar på sambanda Jondal Tørvikbygd og Utne Kvanndal Kinsarvik som i størst mogleg grad sikrar samsvar mellom tilbod og etterspurnad. Fylkesutvalet ber fylkesrådmannen leggje fram ei eiga sak om dette som og tar opp i seg utviklinga i trafikken på dei aktuelle sambanda. 4. Fylkesutvalet ber administrasjonen koma attende med framlegg til kollektivløysingar for vestsida av Sørfjorden og Fv 7 Granvin-Norheimsund. 276/12 FYLKESVEGANE - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2013 Aud Karin Oen sette fram slikt forslag: «Tillegg: Hordaland fylkeskommunen ønskjer å redusere tempoet i arbeidet med Ringveg vest, byggjetrinn II og foreslår å overføre 20 mill. til styrking posten for trafikksikring.» Røysting Oen sitt forslag fekk 1 røyst (SV) og fall. Innstillinga vart vedteken som innstilling til fylkestinget mot 1 røyst (SV). INNSTILLING TIL FYLKESTINGET ( ) Fylkestinget vedtek plan- og byggeprogrammet 2013 for Hordaland (utanom Bergen) og Bergensprogrammet. 29

37 277/12 KONSESJONSSØKNAD FOR ALDALSELVA KRAFTVERK I SAMNANGER KOMMUNE - FRÅSEGN Torill Selsvold Nyborg gjekk frå som ugild fordi ho sit i styret for BKK. Jf. forvaltningslova 6, 1. ledd e. Tom-Christer Nilsen opplyste at far hans er styreleiar i BKK, og stilte spørsmål om han var ugild. Fylkesutalet vedtok samrøystes at Tom-Christer Nilsen var ugild, jf. forvaltningslova 6, 2. ledd. Nilsen gjekk frå under røystinga. Fylkesvaraordførar Mona Hellesnes leidde møtet. Det var 13 representantar til stades. Mona Røsvik Strømme sette fram slikt forslag: «Saka vert utsett til møtet i fylkesutvalet 6. desember.» Røysting Strømme sitt forslag vart samrøystes vedteke. VEDTAK ( ) Saka vert utsett til møtet i fylkesutvalet 6. desember. 278/12 FORSLAG OM FREDING AV HERDLA TORPEDOBATTERI. HØYRINGSFRÅSEGN Innstillinga vart samrøystes vedteken. VEDTAK ( ) Fylkesutvalet sluttar seg til fredinga av Herdla torpedobatteri i Askøy kommune. Anlegget representerer viktige sider ved den nyare forsvarshistoria, og fylkesutvalet meiner det er viktig å ta vare på eit representativt utval kulturminne knytt til den kalde krigen. 279/12 HØYRINGSFRÅSEGN - FORSLAG OM FORSKRIFT OM FREDING AV STATENS KULTURHISTORISKE EIGEDOMAR - KAP 7 BARNE-, LIKESTILLINGS- OG INKLUDERINGSDEPARTEMENTET Innstillinga vart samrøystes vedteken. VEDTAK ( ) Fylkesutvalet sluttar seg til fredinga av bygningen til Bjørgvin ungdomssenter, Bønesstølen 13 (tidlegare Bergen mødrehjem). Bygningen representerer viktige sider ved historia til barnevernssektoren, og fylkesutvalet meiner det er viktig å ta vare på eit representativt utval kulturminne frå eit breitt utval samfunnssektorar. 280/12 BEVARINGSPROGRAM FOR UTVALGTE ARKEOLOGISKE KULTURMINNER Innstillinga vart samrøystes vedteken. 30

38 VEDTAK ( ) 1. Fylkesutvalet sluttar seg til prioriteringslista for framtidig satsing på formidling og skjøtsel. 2. Fylkesutvalet vil arbeide for å nå måla nedfelt i bevaringsprogrammet for arkeologiske kulturminne, i samarbeid med kommunane og musea. 281/12 REGIONAL KULTURPLAN : PLANPROGRAM Ruth Grung sette fram slikt forslag: «Tillegg: Fylkesutvalet vil ha ein eigen plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.» Røysting Innstillinga vart samrøystes vedteken. Grung sitt forslag fekk 6 røyster (A, SP, SV) og fall. VEDTAK ( ) 1. Fylkesutvalet vedtek vedlagte framlegg til planprogram for ny regional kulturplan med følgjande hovudendringar etter høyring: a. Det er gjennomgåande rydda i bruken av kulturomgrepet. b. Frivillig sektor og kunstnareleg utviklingsarbeid er teke med i hovudføremålet. c. Planen har ei verketid på ti år, men skal reviderast i kvar valperiode. d. Utvikling av gode formidlingsløysingar for arkiv og foto er lagt til i føremålet for arkiv. e. Formidling og utvikling av biblioteka som møteplassar er lagt til i føremålet for bibliotek. f. Overskrifta for fagområdet Idrett og friluftsliv er endra til: Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Sikring av friluftsområde er lagt til i føremålet. g. Overskrifta for fagområdet Kunst- og kulturformidling er endra til: Kunstproduksjon og kulturformidling. Opplæring for barn og unge og estetisk kompetanse som publikummarar er lagt til i føremålet. h. Det er lagt til eit avsnitt om storbypolitikk i plantema 1. i. Det er lagt til eit avsnitt om kulturskuletilbodet i plantema 2, undertema barn og unge. j. Fleirkulturelle aktivitetar som viktig føresetnader for å skape forståing er lagt til i plantema 2, undertema inkludering. k. Nynorsk kulturstrategi er utdjupa og presisert i plantema 2. l. Fylkeskommunen si rolle i internasjonalt arbeid er presisert. m. Det er lagt til at planen skal avklare kompetansebehov innanfor barnehage og skuleverk i plantema 3, undertema kompetanse. n. I fagområde bibliotek er det teke med utvikling av samarbeid med biblioteka ved universitet og høgskular og fokus på nynorsk litteratur. 31

39 o. Overskrifta til fagområdet Idrett og friluftsliv er endra til: Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Teksten er utdjupa og det er lagt til tilrettelegging for gåande og syklande i nærmiljøet og universell utforming. Fagområdet vert skildra saman, men mål, strategiar og tiltak for dei ulike plantema skal konkretiserast særskilt. p. Ordlyden i avsnittet om plankomité er endra slik at det er tydeleg at ein ønskjer eit representativt utval av kommunar med i komitéen. q. Utfordringa med å få ungdom til å medverke og påverke planen, er teke med i kapitlet om medverknad og informasjon. 2. For at høyringa ikkje skal kome i ferieperioden og for å sikre gode prosessar og medverknad, vert planprosessen utvida med 6 månader, med sikte på endeleg handsaming i fylkestinget i juni /12 REGIONAL PLAN FOR MUSEUM OPPFØLGING AV HANDLINGSPROGRAM LØYVING TIL TILTAK VED MUSEA Astrid F. Selsvold gjekk frå som ugild fordi ho er med i styret for Hardanger og Voss museum. Jf. forvaltningslova 6, 1. ledd e. Mona Røsvik Strømme gjekk frå som ugild fordi ho er med i styret for Kunstmuseene i Bergen. Jf. forvaltningslova 6, 1. ledd e. Det var 13 representantar til stades. Ruth Grung sette på vegner av A, SV, SP, KrF, H, Frp og V fram slikt oversendingsforslag: «Fylkesutvalet ber om å få oversyn over tal på fullt betalande for kvar museum i 2012 og dei siste 4 åra, samt tal på besøkjande med rabatt/ikkje betalande.» Røysting Innstillinga vart samrøystes vedteken. Grung sitt forslag vart samrøystes vedteke oversendt til fylkesrådmannen. VEDTAK ( ) 1. Fylkesutvalet vil kome attende til ein opptrappingsplan for drift og investeringar i musea der stat, fylkeskommune og kommunar bidreg. 2. Fylkesutvalet ber om at arbeidet for å styrkje dei regionale ansvarsmusea vert prioritert i tråd med planen. 3. Fylkesutvalet ber om at det vert sett i gang utgreiing av korleis Kunstmuseene i Bergen kan ta i vare ein regional knutepunkt-funksjon innan biletkunst, arkitektur, design og komponistheimar. 4. Fylkesutvalet vil prioritere styrking av musea som aktørar innan kulturminnevern, bygningsvern og fartøyvern. 5. Fylkesutvalet vil ta stilling til ei oppfølging av eit Hardingfelesenter i eiga sak når forprosjektet er ferdig som del av Museumsplanen sitt handlingsprogram eller som del av andre ordningar. 6. Fylkesutvalet ber om at vidare utvikling av planane for etablering av eit Senter for industriarkiv i Odda i tråd med Regional plan for museum vert prioritert. 7. Fylkesutvalet ber om at ei vidare utvikling av Bevaringstenestene i tråd med Regional plan for 32

40 museum vert prioritert. 8. Fylkesutvalet ber om at forskingssamarbeid mellom Universitetet i Bergen, Handelshøgskolen i Bergen og dei konsoliderte musea vert teke opp som del av Handlingsprogrammet for Fylkesutvalet ber om at ein del av Handlingsprogrammet vert innretta for å ta i vare aktuelle utstillingsprosjekt og formidlingsoppgåver. 10. Fylkesutvalet løyver midlar frå budsjettpost Museumssamarbeid / Oppfølging av museumsplanen - til tiltak i Regional plan for museum til følgjande tiltak: Regional plan for museum Tiltak 1: Finansiering drift og investeringar Tiltak 5: Styrking av regionale ansvarsmuseum Tiltak 8: Styrking av tematiske ansvarsmuseum Tiltak 14: Utvikling av kulturminnevern, bygningsvern og fartøyvern Tiltak 20: Etablering av Senter for industriarkiv og industrihistorie i Odda Tiltak 32: Felles plan for samlingsforvaltinga Tiltak 42: Musea i samfunnsdebatten Institusjon Tiltak Løyving Sunnhordland museum Forprosjekt utvikling av museumsbygg ,- Hardanger og Voss museum Agatunet, sprinkleranlegg ,- Sunnhordland museum Utgreiing om behov og organisering, Litlabø ,- gruver Sunnhordland museum Utgreiing om behov og organisering, Stord ,- Maritime museum Sunnhordland museum Etablering av klosternettverk ,- Museum Vest Espeland fangeleir, konsolidering ,- Kunstmuseene i Bergen Utgreiing av regional knutepunkt-funksjon ,- innan felta biletkunst, arkitektur, design og komponistheimar Sunnhordland museum Bygningsvernkonsulent, delfinansiering ,- Museum Vest Bygningsvernkonsulent, delfinansiering ,- Norsk Vasskraft- og Utvikle plan for etablering av arkiv, partnarskap ,- Industristadmuseum mv Museumssenteret i Hordaland Utvikling av felles bevaringstenester, Termo lignum-kammer ,- Bymuseet i Bergen Fokus på medisinsk historie ,- Museum Vest Norsk fiskerimuseum utstilling ,- Totalt til fordeling ,- 283/12 HØYRINGSFORSLAG TIL PLANPROGRAM FOR REGIONAL KYSTSONEPLAN FOR SUNNHORDLAND OG YTRE HARDANGER Fylkesrådmannen sitt forslag vart samrøystes vedteke. VEDTAK ( ) Med heimel i plan- og bygningslova 4-1 (planprogram) og 8-3 (utarbeiding av regionalplan) vedtek fylkesutvalet å senda forslag til planprogram for regional kystsoneplan for Sunnhordland og Ytre Hardanger på høyring og offentleg ettersyn i minimum 6 veker. 33

41 284/12 REGIONAL OG KOMMUNAL PLANLEGGING - PLANMELDING ORIENTERING Innstillinga vart samrøystes vedteken. VEDTAK ( ) Fylkesutvalet tek rapporten «Planmelding » til orientering. 285/12 INTENSJONSAVTALE OM ISLANDSK-NORSK SAMARBEID Birthe Eriksen sette fram slikt forslag: «Saka vert utsett til møtet i fylkesutvalet 6. desember.» Eriksen sitt forslag vart samrøystes vedteke. VEDTAK ( ) Saka vert utsett til møtet i fylkesutvalet 6. desember. 286/12 AVTALE OM MUSIKKSAMARBEID NOREG - KINA 2013 Innstillinga vart samrøystes vedteken. VEDTAK ( ) 1. Fylkesutvalet sluttar seg til avtalen med Rikskonsertane om musikksamarbeid Noreg-Kina Ved utgangen av avtaleperioden skal resultat og vidare engasjement vurderast nærare. 287/12 FORPROSJEKT FOR KOLLEKTIVSTRATEGI FOR HORDALAND Innstillinga vart samrøystes vedteken. VEDTAK ( ) Fylkesutvalet tek «Rapport frå forprosjekt: Kollektivstrategi for Hordaland» til orientering. Aud Karin Oen sette fram slikt forslag etter at vedtaket var gjort: «Tillegg: 2. Kollektivfelt med sambruksfelt som overgangsordning er ein sentral strategi for å betre kollektivtilbodet går inn som tillegg i tekst til punkt 5 (Rapport frå forprosjekt) 3. Nytt punkt 9: Grøn kollektivteknologi: Innan 2020 skal Bergensregionen ha landets beste grøne teknologi. Fylkesutvalet ønskjer ein teknologistudie som kan vera eit kunnskapsgrunnlag før neste anbodsutlysing. 4. Fylkesutvalet ønskjer at Bompengeringen skal omgjerast til ein Miljøring. Fylkesrådmannen førebur sak om driftstilskot frå bompengeinntektene.» Fylkesutvalet vedtok samrøystes å leggje forslaget ved protokollen. 34

42 288/12 SYKKELBYAVTALE - STORD KOMMUNE Innstillinga vart samrøystes vedteken. VEDTAK ( ) 1. For 2013 vert det løyvd kr ,- over vegbudsjettet til å finansiere oppstart av sykkelbyavtale på Stord. 2. Finansiering av tiltak perioden vil ein kome tilbake til i årlege budsjettforhandlingar. 289/12 SØKNAD OM RUTELØYVE FOR STREKNINGA BERGEN LUFTHAVN - HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS Innstillinga vart samrøystes vedteken. VEDTAK ( ) Fylkesutvalet tildeler Flybussbergen.No AS ruteløyve for strekninga Bergen lufthavn-haukeland universitetssjukehus på følgjande vilkår: a) Ruteløyvet gjeld for 10 år. b) Ruteløyvet gjeld for persontransport med påstiging på Bergen lufthamn og avstiging på Haukeland universitetssjukehus eller omvendt. c) Ruteopplegg og takstar skal godkjennast av Hordaland fylkeskommune. d) Rutene skal vere opne for alle utan krav til førehandstinging. e) Rutelaget skal stille til rådvelde turvande materiell som fullt ut dekkjer etterspurnaden etter transporttenester. 290/12 SØKNAD OM FINANSIERINGSBIDRAG TIL PROSJEKT STAD SKIPSTUNNEL Aud Karin Oen sette fram slikt forslag: «Tillegg: Stadtunnel kan være eit viktig bidrag for å redusera behovet for vegbasert godstransport.» Røysting Innstillinga vert samrøystes vedteken. Oen sitt forslag vart samrøystes vedteke. VEDTAK ( ) Stadtunnel kan være eit viktig bidrag for å redusera behovet for vegbasert godstransport. Fylkesutvalet vedtek å løyva kr ,- som tilskott til Prosjektgruppa for Stad skipstunnel. Løyvinga vert dekt innanfor samferdselsavdelinga sitt budsjett for

43 291/12 ETABLERING AV PILOTANLEGG FOR INDUSTRIELL ALGEPRODUKSJON PÅ MONGSTAD - TILSKOT TIL PILOTSENTER Fylkesrådmannen sitt forslag vart samrøystes vedteke. VEDTAK ( ) 1. Fylkeskommunen gir tilsegn om eit tilskot på inntil 2 mill. kr., maksimalt 20 % av kostnadene, til Universitetet i Bergen (UiB) for å delfinansiere etablering av eit pilotsenter for utvikling av mikroalgeproduksjon på Mongstad. Midlane vert å trekkje frå det regionale utviklingsprogrammet (RUP) 2012 post klimaretta tiltak B Det er ein føresetnad for eventuell fylkeskommunal medfinansiering at pilotanlegget vert fullfinansiert og at det vert etablert drift som i søknaden frå UiB. Om tiltaket ikkje vert gjennomført etter planen, eller avvikla, skal restverdiar i prosjektet tilbakeførast til fylkeskommunen etter del av total finansiering. 292/12 FULLMAKT SAL AV EIGEDOMAR Birthe Eriksen gjekk frå som ugild fordi ho er styreleiar i Hordaland Teater. Jf. forvaltningslova 6, 1. ledd e. Det var 14 representantar til stades. Aud Karin Oen sette fram slikt forslag på vegner av SV og KrF: «Tanks vgs vert ikkje seld før ein har utgreidd flytting av Hordaland Teater til sentrum og om Tanks er ein eigna stad.» Røysting Oen sitt forslag fekk 3 røyster (SV, SP, KrF) og fall. Punktet om Tanks vgs i innstillinga vart vedteke som innstilling til fylkestinget mot 3 røyster (SV, KrF, SP). Resten av innstillinga vart samrøystes vedteken som innstilling til fylkestinget. INNSTILLING TIL FYLKESTINGET ( ) Fylkestinget godkjenner sal av følgjande eigedomar: Tidlegare tannklinikk Olav Bjordals veg Ibsens gt. 118 Enkelttomt Hagavik Tanks vgs Budstadblokk Voss Willy Valentins vei Fylkesrådmannen får fullmakt til å akseptere bod som er høgare enn 90 % av prisønskje. Dersom høgste bod er lågare enn 90 % av prisønskje kan fylkesutvalet ta avgjerd om salet. Fylkesutvalet får fullmakt til avgjere sal knytt til Meland (Leirvik gard). 293/12 ÅRLEG LØNSREGULERING FOR FYLKESRÅDMANNEN. GODKJENNING Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen gjekk frå som ugild fordi hans løn var kopla til fylkesrådmannen si løn. Fylkesvaraordførar Mona Hellesnes leidde møtet. 36

44 Møtet vart lukka, jf. kommunelova 31 nr. 3. Det var 14 representantar til stades. Forslaget frå fylkesvaraordføraren vart samrøystes vedteke. VEDTAK ( ) Fylkesutvalet godkjenner protokoll dagsett 2. november 2012 mellom Hordaland fylkeskommune og Fagforbundet om årleg lønsregulering for fylkesrådmann Paul M. Nilsen pr /12 REGULERING AV GODTGJERSLA TIL FYLKESORDFØRAREN PR Fylkesrådmannen sitt forslag vart samrøystes vedteke som innstilling til fylkestinget. INNSTILLING TIL FYLKESTINGET ( ) Fylkesordføraren si godtgjersle vert regulert med eit datotillegg på kr pr til kr Gro Stien Thorvaldsen sekretær 37

45 HORDALAND FYLKESKOMMUNE SAKNR. 296/12 MØTEDATO Saksgang Møtedato Saknr Saksordførar Fylkesutvalet /12 Rekneskapsrapport pr. oktober 2012 Forslag til innstilling, sjå saksframlegg. 11

46 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak Arkivnr. 123 Saksh. Smørdal, Jon-Rune Saksgang Møtedato Fylkesutvalet REKNESKAPSRAPPORT PR. OKTOBER 2012 SAMANDRAG I samsvar med rapporteringsrutinane legg fylkesrådmannen fram rapport om rekneskapsutviklinga ved utgangen av oktober Rapporten fokuserer på endringar samanlikna med tertialrapporten pr. 31. august som vart handsama av fylkestinget i oktober. Årsprognosen pr. utgangen av oktober er eit mindreforbruk i driftsrekneskapen på 17 mill. kr i forhold til årsbudsjett. Dette er 30 mill. kr betre enn i tertialrapporten pr. 31. august. Fylkeskommunen ligg an til same budsjettoverskridingar innanfor samferdsel, netto renteutgifter og konsesjonskraftinntekter som pr. 31. august, men auka skatteinntekter gjer at prognosen er betre pr. utgangen av oktober. FORSLAG TIL VEDTAK Fylkesutvalet tek rekneskapsrapporten pr. oktober 2012 til orientering. Paul M. Nilsen fylkesrådmann Vedlegg: Tabelloversikt Rapport frå ekstern konsulent om vurdering av økonomirapportering i Skyss Johnny Stiansen økonomidirektør 12

47 Tabelloversikt Rapport frå ekstern konsulent om vurdering av økonomirapportering i Skyss FYLKESRÅDMANNEN, : Bakgrunn Etter gjeldande rapporteringsrutinar skal fylkesutvalet ha rekneskapsrapportar ved utgangen av månadane februar, juni og oktober, i tillegg til tertialrapportane til fylkestinga i juni og oktober. Tertialrapport pr. 31. august Tertialrapport pr. 31. august vart lagt fram for fylkestinget i oktober sak 48/12. Ein rekna då med budsjettoverskriding innanfor følgjande områder: - Samferdsel minst 35 mill. kr - Konsesjonskraftinntekter 13 mill. kr - Netto renteutgifter kr. 20 mill. kr Pr. 31. august såg det ut som om overskridingane langt på veg vart kompensert gjennom auka skatteinntekter på 50 mill. kr. og eit mindreforbruk på fylkesadministrasjonen på 5 mill. kr. Prognosen for samla overskriding i driftsrekneskapen i forhold til årsbudsjett var då 13 mill. kr. Rekneskapsrapport ved utgangen av oktober Investeringar Fylkesrådmannen har ikkje opplysningar om endringar for investeringsprosjekta i høve til det som vart meldt i samband med tertialrapporten pr. 31. august. Drift Gjennomgangen av driftsrekneskapen er i denne rapporten mest fokusert på endringar samanlikna med tertialrapporten pr. 31. august. Rekneskapsutviklinga går fram av tabellen for dei ulike budsjettområda, som følgjer saka. Tabellen viser at situasjonen er noko betra sidan tertialrapporten på grunn av høgare skatteinngang enn budsjettert. Elles er tala for årsprognose uendra i forhold til rapporten pr. 31. august. Samferdsel Drift og vedlikehald av fylkesvegane Det er ikkje venta overskriding innanfor drift og vedlikehald av fylkesvegane, så status er den same her som pr. 31. august. Kollektivtrafikk Som fylkesrådmann skreiv i tertialrapport er det leigd inn ekstern konsulent som skal kvalitetssikre rekneskapsrapporteringa frå Skyss. Rapporten datert , som er vedlagt denne saka, konkluderer med følgjande: «Oppsummert synes det rapporterte kostnadsavviket pr. oktober på mill.kr. av en total kostnadsramme på ca mill.kr. å være troverdig.» I rapporten står det at konsulent er av den oppfatning at månadleg rapportering frå Skyss og den vidare handsaminga er av bra kvalitet. Konsulenten peikar på nokre problemstillingar og gjev råd om korleis rapporteringskvaliteten kan aukast ytterlegare. Fylkesrådmannen vil følgja opp tilrådingane i det vidare rapporteringsarbeid. Pr. utgangen av september var det rekna med eit meirforbruk på 33 mill. kr totalt for året innanfor kollektivtrafikk. I tillegg hadde dei nokre usikre postar som kan auke overskridinga med 2-3 mill. kr. 13

48 Ut frå rapportane fylkesrådmannen har tilgjengeleg pr. utgangen av oktober, er årsprognosen for samferdsel også no ei overskriding på om lag 35 mill. kr. Det er fortsatt grunn til å tru at ein vil oppnå budsjetterte trafikkinntekter innanfor samferdsel. Vedlagt tabell viser at ein innanfor samferdsel pr. oktober har rekneskapsført tilnærma dei inntektene som er budsjettert for heile året. Årsaka til dette er mellom anna at «belønningsmidlar» på 90 mill. kr er pr. d.d. inntektsført på driftsrekneskapen til samferdsel. Dette er feilføring og vil bli retta opp fordi ein del av midlane skal settast av til Bybanen byggjesteg 3. Skatt og rammetilskot Skatteinngangen viser fortsatt ei god utvikling. I statsbudsjettet for 2013 vart det gjort nye overslag for skatteinntektene for Ut frå overslaget vil Hordaland fylkeskommune få meirinntekter i 2012 på rundt 80 mill. kr, og dette stemmer med våre eigne utrekningar. I årsprognosen legg fylkesrådmannen derfor til grunn at skatteinngangen kan bli 80 mill. kr meir enn budsjettert, som er 30 mill. kr høgare enn årsprognosen pr. 31. aug. Opplæring Krava frå kommunane med omsyn til spesialundervisning ligg an til å bli høgare enn budsjettert. Elevveksten i haust gjer også at budsjettet for skulane vert meir pressa. Fylkesrådmannen føreset at meirforbruk på enkelte område innan opplæringssektoren vert dekka inn gjennom innsparingar på andre budsjettpostar, mellom anna reduserte lønsutgifter på grunn av steik. Netto renteutgifter og konsesjonskraftinntekter Prognosen er den same som ved utgangen av august. Budsjettoverskriding på 20 mill. kr på netto renteutgifter og ei inntektssvikt på 13 mill. kr. på konsesjonskraftinntektene i forhold til det som er budsjettert. Oppsummering Prognosen i tabellane for dei ulike budsjettområda kan samanfattast slik: Budsjettavvik i mill. kr Politiske organ og adm. 5 Fellesfunksjonar 0 Opplæring 0 Tannhelse 0 Regional utvikling 0 Fylkeskom. næringsverksemd -13 Samferdsel -35 Kultur 0 Skatt og rammetilskot 80 Renter og avdrag -20 Interne finanstransaksjonar 0 Sum 17 14

49 Taloppstilling drift Rekneskap Forbruk i % Årsprognose Årsprognose Tal i heile tusen okt Årsbudsjett av årsbud pr. aug. pr. okt. Politiske organ og adm. Kostnader: ,7 % Inntekter: ,5 % Netto ,4 % Fellesfunksjonar Kostnader: ,3 % Inntekter: ,6 % Netto ,3 % 0 0 Opplæring Kostnader: ,3 % Inntekter: ,4 % Netto ,5 % 0 0 Tannhelse Kostnader: ,4 % Inntekter: ,1 % Netto ,2 % 0 0 Regional utvikling Kostnader: ,7 % Inntekter: ,0 % Netto ,7 % 0 0 Fylkeskom. næringsverksemd Kostnader: ,3 % Inntekter: ,5 % Netto ,3 % Samferdsel Kostnader: ,2 % Inntekter: ,5 % Netto ,1 % Kultur Kostnader: ,2 % Inntekter: ,9 % Netto ,8 % 0 0 Skatt og rammetilskot Inntekter: ,4 % Netto ,4 % Renter og avdrag Kostnader: ,3 % Inntekter: ,0 % Netto ,2 % Interne finansieringstransaskj Kostnader: ,0 % Inntekter: ,0 % Netto ,9 % 0 0 NTO DRIFT Momskomp. frå investering ,6 % 0 0 NETTO FYLKET TOTALT

50 PROPAGO Vurdering av løpende økonomirapportering i Skyss 1. Innledning Skyss er en enhet underlagt Samferdelsavdelingen i Hordaland Fylkeskommune med ansvar for effektiv drift av et kollektivt transporttilbud, herunder oppfølging av anbudskontrakter for buss, bybane, ferger og snøggbåter i Hordaland. Propago er engasjert for å kvalitetssikre informasjon om regnskapsutviklingen i disse transportområdene. I tillegg skal samhandlingen i økonomiske spørsmål mellom Skyss, Samferdselsavdelingen, Bybanen AS, økonomiavdelingen og Fylkesrådmannen belyses. Nedenfor følger vår første vurdering basert på utviklingen pr. oktober Generelt Vi har siden september foretatt en overordnet og kvalitativ gjennomgang av økonomistyring og rapportering i Skyss. Observasjonene er basert på møter med nøkkelpersoner og vurdering av fremlagte månedsrapporter. Før vi konkluderer endelig vedrørende kvalitets- og risikoforhold i den løpende rapporteringen, må noe bedre kunnskap om system-, drifts- og kontraktsforhold tilegnes. Skyss er krevende å måle i vanlig økonomisk forstand. Inntekssiden er manglende (fergedriften) eller begrenset, og absolutte resultatbegrep som overskudd eller underskudd gir liten mening utover måling mot et budsjett. Det foreligger dessuten ikke en balanse eller ansvar for investeringer og deres lønnsomhet. Økonomiske rammer er gitt i årlige budsjetter. Imidlertid påvirkes løpende drift i stor grad av politiske prioriteringer og beslutninger. I tillegg kan forhold som veiarbeid, stengninger og omlegginger gi kostnadskonsekvenser som det ikke er tatt høyde for. Nye rutepakker og effekter av at kontrakts- og samarbeidsforhold med operatører fortsatt er i en tidlig fase, gir også en viss uforutsigbarhet. 3. Foreløpig vurdering Vi er av den oppfatning at månedlig rapportering og videre behandling er av bra kvalitet. Økonomiavdelingen i Skyss synes å være kompetent og har bra kapasitet. Det foretas gode gjennomganger og sunne vurderinger i Skyss ledelsen og i møter med Samferdselsavdelingen. Bedre sammenligningstall og mer stabile driftsforhold gir også større forutsigbarhet enn tidligere. Propago AS obg@propago.no ( ) / tor@propago.no ( ) Org.nr Torggaten 3, 5012 Bergen

51 PROPAGO Selve formatet på rapporteringen er noe uoversiktlig, og det anbefales et større fokus på estimat for året. I tillegg til forklaring av avvik, bør tiltak som kan rette opp avvik få større oppmerksomhet. Med såpass stor kostnadsmasse og forskjellige parametre å spille på, bør det være mulig å hente inn kostnadsavvik oppstått innenfor et område gjennom god styring og kontrollerte reduksjoner i andre deler av virksomheten. Det oppstår fortsatt for store overraskelser. Større bevissthet mot årsestimat, løpende periodisering og avsetning av større kostnader eller forpliktelser vil redusere svingningene og gi et bedre bilde av virksomhetens status og reelle avvik. Vi registrerer for øvrig at rapporteringen er ganske detaljert og hyppig; enkelte elementer kanskje litt for hyppig. Oppsummert synes det rapporterte kostnadsavviket pr. oktober på mill.kr. av en total kostnadsramme på ca mill.kr. å være troverdig. 4. Noen problemstillinger Budsjettrammene oppfattes som knappe og til en viss grad saldert med optimistiske inntekstsanslag. Det er ikke tatt høyde for kostnadsøkninger som en i stor grad vet vil komme. Noen av avvikene er derfor kjente allerede på et tidlig tidspunkt, men avsetning for påløpte eller påregnelige kostnader er ikke vanlig. Mer aktivt forhold til slike kostnader, avsetning og periodisering vil gi bedre informasjonsverdi og utgangspunkt for å redusere andre kostnader der dette er mulig. Det har over tid vært registrert avvik i forventet refusjonskrav vedrørende skoleskyssordning grunnskole. Avviket for 2012 utgjør i størrelsesorden 4 5 mill. kr. Administrasjonen gjør nå en grundig gjennomgang for å avdekke hvorvidt det foreligger feil i avregningssystemet (Cert) og gjør i såfall nødvendige tiltak for å viderefakture riktige beløp til berørte kommuner. Ensidig økonomifokus gir risiko for at ressurser ikke utnyttes optimalt for å gi best mulig samfunnsmessig nytte. Det er bl.a. et paradoks at fornuftig produksjon i form av ekstra bussruter eller bybaneavganger ved særskilte behov straffes i form av kostnadsavvik for Skyss. Likeledes straffes høy kundetilfredshet i form av betydelige bonusbetalinger til operatører. I styring og måling av Skyss er det derfor viktig at involverte parter har en felles forståelse for et balansert målbilde. Propago AS obg@propago.no ( ) / tor@propago.no ( ) Org.nr Torggaten 3, 5012 Bergen

52 PROPAGO 5. Andre observasjoner Bybanen som egen organisatorisk enhet og AS synes å ha en begrunnelse som er preget av avgiftsmessige hensyn og formalkrav fra Jernbanetilsynet. Bl.a. blir kostnader i Bybanen AS viderefakturert og havner til i slutt som kostnad i Skyss. I tillegg til uforutsigbarhet for Skyss, er det en viss fare for at det ikke er tilstrekkelig eierskap for slike kostnader. 6. Foreløpige råd Den månedlige rapporteringen kan med fordel forenkles og samordnes til en rapport. Formatet bør ha tydelig fokus på helhet og estimater for året pr. ansvarområde. I tillegg til avviksforklaringer anbefales at det i større grad enn nå presenteres korrigerende tiltak som kan kompensere for eventuelle overskridelser. Skyss kan dessuten i sin løpende rapportering bedre synliggjøre kostnadsmessige konsekvenser av politiske prioriteringer, bl.a. når det gjelder skoleskyssordninger og kostbare løsninger i utkantstrøk. Eksisterende bonussystem overfor operatører er ikke lenger i henhold til intensjonen om å være et virkemiddel for å heve kvaliteten på tjenestene. I dag honoreres høy, men stabil kundetilfredshet. Arbeidet med å revidere systemet bør gis prioritet, og nødvendig hjemmel finnes i nåværende kontrakter. Ansvars- og myndighetsforhold rundt Bybanen AS bør tydeliggjøres, og en mer intern styresammensetning som gjenspeiler at selskapet operativt er en del av fylkets samferdselssystem anbefales vurdert. Det gjøres oppmerksom på at notatet er utarbeidet før endelig tall for oktober foreligger. Bergen, Ole-Bjørn Gjerde / Tor Andersen Propago AS obg@propago.no ( ) / tor@propago.no ( ) Org.nr Torggaten 3, 5012 Bergen

53 HORDALAND FYLKESKOMMUNE SAKNR. 297/12 MØTEDATO Saksgang Møtedato Saknr Saksordførar Yrkesopplæringsnemnda /12 Opplærings- og helseutvalet /12 Fylkesutvalet /12 Fylkestinget /12 Skolebruksplan for Hordaland fylkeskommune Del 1 - Skolestruktur på Voss og i delar av Bergen sentrum Innstillinga frå opplærings- og helseutvalet vert ettersendt/lagt fram i møtet. 16

54 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak Arkivnr. 52.T07 Saksh. Haugen, Birthe Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato SKOLEBRUKSPLAN FOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE DEL 1; SKOLESTRUKTUR PÅ VOSS OG I DELAR AV BERGEN SENTRUM SAMANDRAG Bakgrunn for planarbeidet er vedtak i fylkestinget desember 2010 (Sak 65/10) og mars 2011 (Sak 9/11) der administrasjonen vart beden om å gjennomgå skolestruktur og utdanningstilbod i HFK. Fylkesutvalet vart informert om planarbeidet i møte 21. juni 2012 (Sak 163/12 og 164/12), og gjorde vedtak om å sende framlegg til skolebruksplan på høyring. Høyringsfristen gjekk ut 1.oktober. Gjennom dei regionale høyringsmøta og skriftlege uttalar i etterkant har fylkeskommunen fått eit eineståande materiale å byggje på ved førebuing av vedtak i saka. Totalt har det kome inn 270 uttalar, og samla opp mot 3000 sider. Av omsyn til demokratisk medverknad og forsvarleg vedtaksgrunnlag har fylkesrådmannen bestemt at skolebruksplanen blir lagt fram som politisk sak i to fylkesting; 12. desember 2012 og mars Fylkestinget vert i denne første saka invitert til å gjere vedtak om første fase av utbygginga på Voss, fastsetje tilbodsstrukturen for Amalie Skram vgs og dei berørte vidaregåande skolane i Bergen sentrum, tilbodsstrukturen for Årstad vgs, og etablering av eit sentralt vaksenopplæringssenter for region Stor-Bergen som ei avdeling under Bergen Katedralskole. Ei avklaring av første fase av utbygginga på Voss er naudsynt for å unngå ytterlegare utsetjing av planlegging og programmering av ny struktur. Tilbodsstruktur og dimensjonering på Nye Voss gymnas må fastsetjast no slik at ein ikkje taper tid. Første utbygging av Nye Voss vgs på Skulestadmo må og planleggast no for å få frigjort Vatle vgs som avlastningsareal før ein kan starte bygginga av Nye Voss gymnas. Innhaldet i Amalie Skram vgs må vere på plass så snøgt som råd ettersom byggjeprosessen ikkje kan stoppe opp. Vedtaket må og vise kva verknader utbygginga på Nygårdstangen har for andre skolar i Bergen. Dei fem skolane som er mest direkte påverka av tilbodsstrukturen ved Amalie Skram vgs er 17

55 Tanks vgs, Lønborg vgs, Bjørgvin vgs, Bergen Handelsgymnasium og Årstad vgs. Det må avgjerast kva som skal skje med desse skolane. Samstundes vil det og vere naturleg å gjere vedtak om Bergen Katedralskole og etablering av eit sentralt vaksenopplæringssenter for region Stor-Bergen. For Årstad vgs sin del er det viktig å fastsetje den framtidige tilbodsstrukturen snøgt og på grunn av pågåande byggeprosjekt. Fylkestinget mars 2013 vil bli invitert til å gjere vedtak om skole- og tilbodsstruktur i dei deler av fylket som ikkje er omfatta av denne første saka. Denne første saka gjev ei oppsummering av høyringsuttalar for kvart punkt som fylkesrådmannen inviterer til vedtak på. Fylkesrådmannen har for kvart punkt gjeve si tilråding basert på ei vurdering av framlegg i høyringsutkastet opp mot uttaler i høyringa. Fylkesrådmannen rår til å vedta saken i samsvar med saksutgreiinga og vedtakspunkt. FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Fylkestinget vedtek følgjande vedkomande skole- og tilbodstruktur på Voss: a. Det skal som tidlegare bestemt etablerast to vidaregåande skolar på Voss; Nye Voss gymnas og Nye Voss vgs. Fagtilboda på Nye Voss vgs skal samlokaliserast på Skulestadmoen. b. Fagtilbod og dimensjonering på Nye Voss gymnas vert som vist i tabell i saksutgreiinga. Dette inneber m.a. at musikktilbodet vert oppretthalde, medan Medium og kommunikasjon (MK) vert lagt ned. Studiespesialisering (ST) vert utvida til 2 fulle parallellar. Restaurant og matfag (RM) og Påbyggingskurs til generell studiekompetanse (PÅ) vert plassert på gymnaset, medan Elektrofag (EL) og Grupper for særskilt tilrettelagt opplæring (TO) vert plassert på Nye Voss vgs. c. Dimensjonering av yrkestilboda på Nye Voss vgs vert gjort i saka i mars Skoleutbygginga på Voss vert gjennomført slik: a. Fase 1: Bygge gymsal, klasserom, lærararbeidsplassar og legge til rette for EL og TOlokalar på Nye Voss vgs. Planlagt ferdig: Hausten b. Fase 2: Rehabilitering og utbygging av Nye Voss gymnas. Planlagt ferdig: Hausten c. Fase 3: Full samlokalisering av nye Nye Voss vgs på Skulestadmo ved å bygge nye verkstader til erstatning for Bryn. Tidsplan må avklarast i saka i mars Fylkestinget vedtek følgjande vedkomande Amalie Skram vgs, Bjørgvin vgs, Bergen Handelsgymnasium (BHG) og Tanks vgs når Amalie Skram vgs vert teken i bruk ved skolestart hausten 2014: a. Bjørgvin vgs, BHG og Tanks vgs vert lagt ned b. Bjørgvin vgs avdeling Kyrre vert vidareført som ei avdeling under Bergen Katedralskole. c. Bjørgvin vgs sine tilbod på Service og samferdsel (SS) og ST, samt Tilrettelagt gruppe innanfor service og samferdsel (HT-gruppene), vert flytta til Amalie Skram vgs. Helse- og oppvekstfag (HO-tilboda) vert flytta til Årstad vgs. d. BHG sine tilbod på ST og SS vert flytta til Amalie Skram vgs, og MK vert vidareført som eit programfag ved same skule. e. ST-tilbodet på Tanks vgs vert flytta til Amalie Skram vgs. f. Amalie Skram vert dimensjonert for 1091 elevar fordelt på ST, SS, PÅ og TO som vist i tabell i saksutgreiinga. Toppidrett symjing inngår i ST. Om toppidrett skal utvidast på bekostning av tilbodet ved Tertnes vgs vert vurdert i saka i mars Bergen tekniske fagskole sine Kvardagsliv og arbeidstreningsgrupper (HTH og HTAgrupper) i Margaretastredet vert vidareført under Amalie Skram vgs. 18

56 5. Lønborg vgs vert oppretthalde til Åsane vgs er samla i nytt skulebygg. Fagtilboda ved Lønborg vgs vert då overført til Åsane vgs. Tidsplan vert fastlagt i saka i mars Samstundes med at BHG vert lagt ned vert det oppretta eit vaksenopplæringssenter for Stor- Bergen med hovedbase i skolen sine lokale i Kalfarveien. Senteret vil organisere VO-kurs og ha opplæringstilbod på skolar i heile Stor Bergen. Senteret vert organisert som ei avdeling under Bergen Katedralskole. 7. Når vaksenopplæringa vert flytta til Kalfarveien får Bergen Katedralskole utvida vgs-tilbodet til 7 parallellar på ST og innføringsklassar som vist i saksutgreiinga. Tilbodet med internasjonal baccalaureate vert og vidareført. Skolen får ikkje tilbygg, men får etablert nye pedagogarbeidsplassar ved ombygging i eksisterande bygg. Tidsplan for byggeprosjektet vert fastlagt i saka i mars Fylkestinget vedtek følgjande for Årstad vgs: a. Bygg- og anleggsteknikk-tilbodet (BA) vert lagt ned frå skoleåret 2013/14 slik at byggeprosjektet ved skolen kan vidareførast. BA-tilbodet vert dekka av ulike skolar i alle naboregionane. b. Tabell i saksutgreiinga som syner dimensjonering av utdanningsprogram og programfag vert lagt til grunn for den vidare planlegginga av byggeprosjektet på skolen. Det kan bli mindre justeringar i fagtilbod og dimensjonering i saka i mars Fylkeskommunen sine omstillingsreglar må leggast til grunn ved nedlegging, samanslåing og oppretting av nye skolar, og flytting/endring av utdanningstilbod. Det må settast av nok tid og økonomiske ressursar for å få til gode omstillingsprosessar. Paul M. Nilsen fylkesrådmann Svein Heggheim opplæringsdirektør Vedlegg: - Skole- og tilbudsstruktur for framtida. Skolebruksplan Hordaland fylkeskommune Høyringsutkast mai Samandrag av høyringsuttaler til skolebruksplan for Hordaland fylke , Del 1; Høyringsuttaler vedkomande sak i desember

57 FYLKESRÅDMANNEN, : Bakgrunn Bakgrunn for planarbeidet er vedtak i fylkestinget desember 2010 (Sak 65/10) og mars 2011 (Sak 9/11) der administrasjonen vart beden om å gjennomgå skolestruktur og utdanningstilbod i HFK. Det er tidlegare gjort greie for planarbeidet i sak til fylkesutvalet 21. juni 2012 (Sak 163/12 og 164/12), der fylkesutvalet gjorde vedtak om å sende framlegg til skolebruksplan på høyring. Saka vart delt i to på grunn av utfordringar knytt til skoleutbygginga på Voss og ein eigen høyringsfrist for denne delen av planen. Gjennom vedtak i Opplærings- og helseutvalet vart det seinare fastsett felles høyringsfrist 1. oktober I høyringsperioden har det vore gjennomført høyringsmøter i alle regionane i fylket. På nettstaden for skolebruksplanen er det offentleg tilgang til alle dokumenta i høyringa, medrekna samandrag, utdjupande informasjon, faktaark og ymse statistikk. Der ligg også alle fråsegnene i saka, Totalt har det kome inn 270 uttalar, og samla omfang er opp mot 3000 sider. Det er svært gledeleg at engasjementet rundt dette planarbeidet er så stort. Skole- og tilbodsstrukturen ved dei vidaregåande skolane og fagskolane i fylket er ei viktig sak for svært mange. Gjennom dei regionale høyringsmøta og skriftlege uttalar i etterkant har fylkeskommunen fått eit eineståande materiale å byggje på ved førebuing av vedtak i saka. Målsetjing og innhald i skolebruksplanen Skolebruksplanen skal tilfredstille to overordna målsetjingar; Gje eit oversyn over viktige moment ved Hordaland fylkeskommune sin skole og tilbodsstruktur. Peike på framlegg til framtidige prioriteringar. Framlegg til prioriteringar er meint å skulle etablere ein framtidsretta fylkeskommunal skole og tilbodsstruktur som er i tråd med politiske retningsliner og økonomisk tenleg. Skolebruksplanen gjev med eit heilskapleg overblikk fagleg forankra framlegg til skole- og tilbodsstruktur for framtida. Planarbeidet har omfatta ein grundig gjennomgang og kartlegging av dagens situasjon, og avdekka problemstillingar og utfordringar som HFK står overfor når det gjeld skolestruktur og tilbodsstruktur. Hordaland fylkeskommune har pr 2011/12 46 vidaregåande skolar og fagskolar. Gjennomsnittleg skolestorleik er tredje lågast i landet. Gjennomgangen av skole- og tilbodsstrukturen syner at dei fleste utdanningsprogramma er fordelt på for mange skolar. Fleire av skolane konkurrerer med naboskolen på dei same utdanningsprogramma, slik at begge i mange høve tapar på konkurransen. Økonomigjennomgangen syner at Hordaland fylke bruker store ressursar på å oppretthalde ein desentralisert skolestruktur. Når fylket bruker meir ressursar pr. elev på mange utdanningsprogram enn mange andre fylke, kjem dette av at utdanningsprogramma er delt opp i mange og små einingar. Ut frå både eit skolefagleg og eit økonomisk perspektiv er det det ønskjeleg med større fagmiljø på utdanningsprogramma. Skoleanlegga i fylket har jamt over god standard. Det har vore gjennomført fleire store byggeprosjekt dei siste 10 åra. Ein del av investeringane kan ein i dag stille spørsmål om er gjort på rett plass og/eller med rett tilbod. 20

58 Fylkesrådmannen meiner at tida no er inne for ein heilskapleg og langsiktig skolebruksplan, som gir føringar på kor det vil vere rett å investere og kva endringar i tilbod og struktur det bør arbeidast for i det lange løp. Kriteriar for framtidig skole- og tilbodsstruktur Alternativ for framtidig skole- og tilbodsstruktur i skolebruksplanen er utarbeida med grunnlag i ei kriterieliste. Kriterielista gjev føringar for kva som vert vurdert som viktig for skole- og tilbodsstrukturen. Viktige moment i kriterielista er føringar i høve til t.d.: Skolestorleik: mellom elevar, minst 4 parallellar på Studiespesialiserande og 4 parallellar på VG1 i yrkesfaga. Fagtilbod: Bør styrkast ved at dei vert konsentrert til færre skolar. Unngå konkurranse mellom naboskolar. Kapasitet: Samla skolekapasitet skal dimensjonerast ut frå forventa elevtalsutvikling i regionane, justert for elevane sine forventa reisemønster. FEF-modellen skal verte lagt til grunn for kapasitetsvurderingar. Lokalisering og reisetid: Skolestrukturen bør samsvare med regionsenterstrukturen og alle regionsentra bør ha store og breie skoletilbod. Skoleanlegg: Gode eksisterande skoleareal bør utnyttast, men dersom skolane ikkje ligg rett plassert eller har lågt elevtal kan ein og vurdere å kvitte seg med anlegga. Det bør tilstrebast at skolar berre skal ha ei lokalisering (dvs: samlokalisering ved eventuell samanslåing). Økonomi: Ny skole- og tilbodsstruktur bør redusere presset i driftsøkonomien, m.a. ved færre skolar, samling av fagtilbod, fylte klassar og betre utnytting av kapasitet på verkstader og lærekrefter. Det er venta stort behov både for fagarbeidarar og høgare utdanna arbeidskraft i framtida. Helse- og omsorgssektoren skil seg ut som ein sektor med særs stort behov for arbeidskraft. I dimensjonering av utdanningsprogram i strukturalternativa er difor andelen skoleplassar på Helse- og oppvekstfag (tidlegare Helse- og sosialfag) auka kraftig. Andre utdanningsprogram er vidareført med om lag den andelen av det totale talet på skoleplassar som er i dag. SSB sin middelprognose for tal åringar i kommunane er nytta som grunnlag for elevtalsutvikling og dimensjonering av skoletilboda i åra framover. SSB-prognosen er justert i høve til faktisk reisemønster skoleåret 2011/12 for å få ei mest mogleg realistisk utvikling. Omstillingsprosessar I ein omstillingsprosess er det viktig at etablerte regler og rutinar for omstilling og overtal vert følgt (jf. m.a. Rundskriv PERSONAL 13/2009 og omstillingsreglane for Hordaland fylkeskommune). Det er viktig å bygge opp tilhøyre og fellesskap, og at dei tilsette vert ivaretatt og involvert i prosessen på ein trygg og god måte. Ved etablering av en ny/samanslått skole skal dei tilsette involverast i omstillingsprosessen gjennom m.a. medarbeidarsamtalar, samlingar med personalet med høve for medverking på prosessen, og god informasjon. Ved etablering av ein ny/samanslått skole må leiinga få godt tid til planlegging og tilrettelegging før oppstart. Det er viktig med eit nært samarbeid med tillitsvalt og verneombod. Etter oppstart må fellessamlingar og gruppesamlingar for alle tilsette haldast med jamne mellomrom, og dei tilsette må verte følgt opp gjennom medarbeidersamtaler. Ved overtalsaker skal regler i Rundskriv PERSONAL 13/2009 verte følgt. Sjå elles også kap. 9.2 i høyringsutkast til Skolebruksplan Hordaland fylkeskommune

59 Delt vedtakssak Omfanget av fråsegner har vore ei stor utfordring med tanke på å halde opphavleg framdriftsplan. Etter oppsett plan skulle heile skolebruksplanen handsamast i Opplærings- og helseutvalet 4. desember, fylkesutvalet 6. desember og fylkestinget 12. desember. Sjølv om administrasjonen trekte inn ekstern hjelp i arbeidet med å systematisere og gå gjennom uttalane, viste det seg at det vart for lite tid til å fremje ei skikkeleg førebudd sak til utsending i slutten av november. Av omsyn til demokratisk medverknad og forsvarleg vedtaksgrunnlag har fylkesrådmannen bestemt at skolebruksplanen blir lagt fram som politisk sak i to fylkesting; 12. desember 2012 og mars Fylkestinget vert i denne første saka invitert til å gjere vedtak om første fase av utbygginga på Voss, fastsetje tilbodsstrukturen for Amalie Skram vgs og dei berørte vidaregåande skolane i Bergen sentrum, og tilbodsstrukturen for Årstad vgs. Ei avklaring av første fase av utbygginga på Voss er naudsynt for å unngå ytterlegare utsetjing av planlegging og programmering av ny struktur. Tilbodsstruktur og dimensjonering på Nye Voss gymnas må fastsetjast no slik at ein ikkje taper tid. Første utbygging av Nye Voss vgs på Skulestadmo må og planleggast no for å få frigjort Vatle vgs som avlastningsareal før ein kan starte bygginga av Nye Voss gymnas. Når det gjeld endeleg tilbodsstruktur og ikkje minst dimensjonering av Nye Voss vgs på Skulestadmo, kan dette vente til hovudhandsaminga av skolebruksplanen i mars 2013 fordi ein då og skal gjere vedtak om struktur i resten av Hardanger/Voss regionen. Vedtak i Hardanger vil påverke dimensjonering av yrkesfaga på Voss. Å vente med dimensjonering av Nye Voss vgs vil ikkje påverke framdrifta av byggeprosjektet. Eigedomsseksjonen er kome til at dei to nye skolane ikkje kan byggast ut samstundes. Ein vil no starte å bygge på Nye Voss vgs, fortsette med å bygge Nye Voss gymnas og avslutte med å bygge nye verkstader for fagtilboda på Bryn på Nye Voss vgs på Skulestadmo. Denne rekkefølga skuldast i første rekkje utfordring med å finne mellombelse skolelokalar. Ein har no kome til at byggearbeida på Voss må starte med at det vert bygd teorirom, lærararbeidsplassar og gymnastikksal ved Nye Voss vgs på Skulestadmo. Aktiviteten som i dag er lokalisert ved avdeling Vatle, kan då flytte opp på Skulestadmo slik at Nye Voss gymnas kan nytte dei frigjorde romma ved Vatle i byggjeperioden ved gymnaset. Innhaldet i Amalie Skram vgs må vere på plass så snøgt som råd ettersom byggjeprosessen ikkje kan stoppe opp. Eit vedtak 12. desember 2012 må og vise kva verknader utbygginga på Nygårdstangen har for andre skolar i Bergen. Dei fem skolane som er mest direkte påverka av tilbodsstrukturen ved Amalie Skram vgs er Tanks vgs, Lønborg vgs, Bjørgvin vgs, Bergen Handelsgymnasium og Årstad vgs. Det må avgjerast kva som skal skje med desse skolane. Samstundes vil det og vere naturleg å gjere vedtak om Bergen Katedralskole. For Årstad vgs sin del er det viktig å fastsetje den framtidige tilbodsstrukturen snøgt og på grunn av pågåande byggeprosjekt. Fylkestinget mars 2013 vil bli invitert til å gjere vedtak om skole- og tilbodsstruktur i dei deler av fylket som ikkje er omfatta av denne første saka. 22

60 Høyring av planen og fylkesrådmannen sine merknader I det følgjande er det gjeve ei oppsummering for kvart punkt som fylkesrådmannen inviterer til vedtak på i denne første saka. Fylkesrådmannen har for kvart punkt gjeve si tilråding basert på ei vurdering av framlegg i høyringsutkastet opp mot uttaler i høyringa. Tabellen nedanfor syner forkortingane som er nytta for dei ulike utdanningsprogramma vidare i saka: Kode Yrkesfaglege utdanningsprogram BA Bygg- og anleggsteknikk DH Design og handverk EL Elektrofag HO (HS) Helse- og oppvekstfag (tidlegare Helse- og sosialfag) MK Medium og kommunikasjon NA Naturbruk RM Restaurant og matfag SS Service og samferdsel TIP Teknikk og industriell produksjon Kode Studiespesialiserande utdanningsprogram ST Studiespesialisering ST-FO Studiespesialisering med formgjeving (variant av ST) ID Idrettsfag MDD Musikk, dans, drama PÅ Påbyggingskurs til generell studiekompetanse Kode Andre vidaregåande opplæringstilbod TO Grupper for særskilt tilrettelagt opplæring MIN.SPR. Innføringsklasser for minoritetsspråklege VO Vaksenopplæring LS Lærlingskole/ lærlingar med full opplæring i bedrift Fagtilbod på Nye Voss gymnas Høyringsutkastet til skolebruksplanen seier følgjande om fagtilbod på Nye Voss gymnas: Nye Voss gymnas får utdanningsprogram frå Rogne vgs, Voss husflidskule og Voss vgs. Gymnaset vil få følgjande utdanningsprogram: DH, EL, HO (tidlegare HS), ID, MK, RM, SS, ST, ST-FO og PÅ. EL, ID, MK, RM, SS, ST-FO og PÅ, vert regionale tilbod. Det same vert DH om ein ser bort frå tilbod om VG2-blomsterdekoratør på Hjeltnes. SS og ST vert vidareført med noko redusert kapasitet (på grunn av venta nedgang i elevtalet), medan dei andre tilboda vert dimensjonert om lag som i dag. EL vert flytta til Nye Voss gymnas (m.a. frå Granvin) og kapasiteten vert dobla. Tilbodet vert samla her for heile regionen. Plassering av EL på gymnaset heng saman med at kapasiteten på Bryn er for liten til og å ha plass til EL og det er og eit viktig argument at gymnaset vert ein stor skole. MDD-tilbodet vert flytta til Fyllingsdalen vgs. MDD er eit lite utdanningsprogram på fylkesnivå, og det vert vurdert som eit utdanningsprogram som kan konsentrerast på færre stader. I skoleåret 23

61 2011/12 er det berre 39 elevar fordelt på 3 klassar på MDD på Voss. Ein ser at dei studiespesialiserande fagtilboda på Nye Voss gymnas er i sterk konkurranse med kvarandre, slik at det vert små fagmiljø på alle fag. Eit argument for å flytte MDD er for å styrke dei andre studiespesialiserande fagtilboda på Nye Voss gymnas. PÅ vert lagt til Nye Voss gymnas og kapasiteten vert redusert. PÅ vert regionalt tilbod. Innføringskurs for minoritetsspråklege vert lagt til gymnaset og samla der for heile regionen. Tema i høyringsinnspela Det har kome inn svært mange høyringsuttalar vedkommande skolestrukturen på Voss. Det er motstand mot nedlegging av utdanningsprogrammet Musikk, dans og drama, samt fordeling av utdanningsprogram mellom skolane som er tema. I tillegg er mange uroa over framdrift og manglande samlokalisering av nye Voss vgs. Det siste punktet vil delvis verte handsama i denne saken, og delvis i saken i mars Elevtalsutvikling Fleire uttalar stiller seg kritiske til elevtalsprognosane som syner at elevtalet på Voss og i Hardanger er venta å verte redusert i planperioden. Dimensjonering av dei regionale tilboda på Nye Voss gymnas Nye Voss gymnas vil få regionale tilbod i Idrettsfag (ID), Medium og kommunikasjon (MK), Restaurant og matfag (RM), Service og samferdsle (SS), Studieførebuande med formgjeving (ST-FO) og Påbyggingskurs for generell studiekompetanse (PÅ). MK, RM, SS, og ST-FO allereie i dag er regionale tilbod. ID vert tilbydd på både Voss gymnas og Odda vgs og PÅ vert tilbydd på Voss vgs og Øystese vgs. I fleire av høyringsuttalane frå Hardanger vert det peika på at elevane frå Hardanger heller vil velje Bergen enn Voss, dersom dei må flytte heimanfrå for å ta vidaregåande opplæring. Dimensjoneringa av dei regionale tilboda kan då verte for høg på Nye Voss gymnas og Nye Voss vgs (dimensjonering av tilbod på Nye Voss vgs vert handsama i politisk sak i mars 2013). Nedlegging av utdanningstilbodet Musikk, dans og drama på Nye Voss gymnas Det har kome svært mange innspel som argumenterer mot nedlegging av Musikk, dans og drama på Nye Voss gymnas. Sjå høyringsuttale 204, 206, 233, 234, 235-a, 240, 244, 245, 246, 247, 248, 249, 250, 251, 252, 134-a, 253, 254, 255, 256, 257, 258, 259, 220, 198-b. Argument som vert nytta: Voss er regionsenter og bør ha alle utdanningsprogram. Dette tilbodet har vore det einaste av sitt slag i indre region og lina har rekruttert elevar frå eit stort omland. Musikklivet i Hordaland må ha fleire tyngdepunkt enn Bergen og Stord. Reiseavstanden til Bergen er for lang for elevane. Musikklina har i alle år vore ein grunnstein i det lokale kulturlivet. Lina er med på å sikra breidda i musikklivet, mellom anna som ein rekrutteringsbase for heile kulturlivet. Ein tradisjonsberar for heile Hordaland. Musikklina på Voss er av overordna betydning for heile fylket. Lina har hatt store positive ringverknader for det friviljuge musikklivet både på Voss og i nabokommunane. Elevar og lærarar deltek i lokalt musikk- og kulturliv. Utan dette bidraget vil musikk- og kulturlivet på Voss verte utarma og på sikt kanskje ikkje overleve. Mange fryktar at rekrutteringa til musikk- og kulturliv vert vanskelegare. Musikklina har i alle år vore ein medspelar i opplæringa og utviklinga av unge folkemusikarar i indre Hordaland. 24

62 Plassering av Elektrofag (EL) Det har kome fleire innspel som argumenterer mot at Elektrofag (EL) vert foreslått flytta frå Nye Voss vgs til Nye Voss gymnas. Sjå høyringsuttale 206, 236, 239 og 264. Faglege og pedagogiske argument tilseier at EL må lokaliserast saman med dei andre tekniske yrkesfaga TIP og BA på Nye Voss vgs. Det er viktig at faga vert samlokalisert på ein skolestad for å unngå faren for å svekka fagtilboda. Plassering av Restaurant og matfag (RM) Rogne vgs og Voss Jordbruksskule tek opp flytting av RM frå Nye Voss vgs til Nye Voss gymnas. Sjå uttale 236, 237 og 242. Rogne vgs (som har RM-tilbod i dag) meiner at rett plassering av RM vil vere på Nye Voss gymnas. Med tanke på at det nye skolebygget på Skulehaugen vil bli eit viktig bygg i lokalsamfunnet, der kantinedrift, møteverksemd og konferansar er aktuelle, vil RM kunne vere eit viktig bidrag og miljøfaktor. Næringa har stort behov for rekruttering og det er viktig at RM-tilbodet i regionen vert oppretthaldt. Voss Jordbruksskule peiker på at økologisk matproduksjon, lokalforedling, nærleik til gode råvarer og «trygg mat» vart lagt til grunn for plasseringa på Nye Voss vgs i 2007 og at desse trendane har forsterka seg gjennom dei siste åra. Det vil vere gode høve for sambruk med NA innanfor opplæring i foredling. RM er og eit godt tilbod i samband med TO, som vert samla på Nye Voss vgs. Plassering av Påbyggingskurs til generell studiekompetanse (PÅ) Voss gymnas og Voss Jordbruksskule tek opp flytting av PÅ frå Nye Voss vgs til Nye Voss gymnas. Sjå uttale 236, 239 og 240. Voss gymnas ser fordelen med at PÅ vert lagt til gymnaset, då det er stor fagleg synergieffekt ved å samlokalisere dette med ST og ID, samt at det er økonomiske argument som talar for denne plasseringa. Voss Jordbrukskule og Voss vgs peiker på at PÅ vil vere med på å gje Nye Voss vgs eit godt og breitt fagmiljø innan fellesfaga. Mange av elevane som går på NA, TIP, EL og BA byrjar på PÅ for å få både fagutdanning og studiekompetanse. Med PÅ-tilbod vert Nye Voss vgs ein meir robust skole. Særskilt tilrettelagt opplæring på Nye Voss vgs Det vert peika på at det er viktig at dei fysiske tilhøva for TO-elevane må leggjast til rette før elevane vert flytta frå Rogne vgs til Nye Voss vgs på Skulestadmo. Det er ikkje tilfredsstillande med mellombelse løysingar for desse elevane. Sjå uttale nr 236, 242, 243, Vedtaka i 2007 og 2010 Svært mange uttalar konkluderer med at vedtaka frå 2007 og 2010 må stå ved lag, og at utbygging av begge skolane og samlokalisering av Nye Voss vgs må gjennomførast som allereie vedtatt. Sjå uttale 233, 234, 206, 235-a, 236, 238, 239, 97-a, 261, 220, 189-a, 263, 264, 265 og 266. Drøfting og tilråding Elevtalsgrunnlaget i regionen er venta å verte redusert i planperioden. Fleire stiller seg kritisk til om denne reduksjonen vil komme. Hordaland fylkeskommune skal gje eit godt tilbod til alle elevane i fylket, og er difor avhengig av å dimensjonere tilbod og investering rett. Dersom ein lar vere å redusere dimensjonerande elevtal i region Voss/Hardanger, som er den einaste regionen med forventa nedgang i tal åringar, vil ein mest sannsynleg bygge for stort. Dette vil i sin tur påverke kva ein kan bygge andre plasser der elevtalet er venta å vekse. Ved å sjå strukturen på Voss uavhengig av resten av fylket er det lett å misse det overordna perspektivet. Endeleg dimensjonering av tilboda på Nye Voss vgs bør difor vente til saka i mars Dimensjoneringa av regionale tilbod på Nye Voss gymnas vil og kunne bli justert 25

63 for dei tilboda som eventuelt likevel ikkje blir regionale tilbod etter sakshansaminga i mars (Dette vil ikkje ha noko å seie for framdrifta på byggeprosjekta). Endeleg dimensjonering av ID på Voss må sjåast i samanheng med eit eventuelt tilbod i Odda. i saka i mars Rådmannen ønskjer å redusere talet plasser på MDD i fylket, men den massive motstanden mot nedlegging av musikklina på Voss viser at lina truleg har svært stor og avgjerande betydning for musikk- og kulturlivet på Voss, i Hardanger og i Hordaland. Fylkesrådmannen har valt å ta innspela i høyringa til etterretning og behalde tilbodet om Musikk, dans og drama på Nye Voss gymnas. Fylkesrådmannen vil ikkje dimensjonere opp samla elevtal ved Nye Voss gymnas som følgje av at MDD vert oppretthaldt. Det vert ikkje fleire elevar tilgjengeleg i regionen sjølv om ein opprettheld MDD-tilbodet. Nye Voss gymnas vil få ei utfordring med eit lite ST-miljø. Skolen vil ha tre studieførebuande utdanningsprogram: ST / ST-FO, ID og MDD. I tillegg vil og dei fleste av elevane på MK nytte dette som ein veg til studiekompetanse. I praksis vil alle desse utdanningsprogramma konkurrere om dei same elevane. Med eit avgrensa tal elevar tilgjengeleg, vert ST-tilbodet sårbart. Skolen vil berre ha høve til å tilby minimum av programfag på ST. Som ei følgje av dette vil fylkesrådmannen tilrå at MK vert lagt ned i staden for MDD. MK har truleg ikkje den same overordna betydninga i regionen som MDD. Med ei slik løysing vil skolen kunne dimensjonerast for 2 fulle parallellar på ST og skolen vil eventuelt kunne opprette Medie- og informasjonskunnskap som programfagtilbod på ST om interessa for faget er stor nok. Plassering av Elektrofag (EL). EL har mykje til felles med dei andre tekniske yrkesfaga (fyrst og fremst TIP og BA), og det vert fremma gode faglege argument for at desse faga bør verte samlokalisert. Fylkesrådmannen tilrår at EL vert samlokalisert med dei andre tekniske yrkesfaga på Nye Voss vgs. Fylkesrådmannen vil tilrå at Restaurant og Matfag (RM) vert plassert på Nye Voss gymnas. Argument rundt utdanningsprogrammet sin funksjon i samband med arrangement og kantinedrift er gode. I tillegg har det tidegare i prosessen kome fram at det er stort behov for rekruttering frå VG2 Kokk og servitør, som er det utdanningsprogrammet Nye Voss gymnas vil tilby. Fylkesrådmannen vil tilrå at Påbyggingskurs til generell studiekompetanse (PÅ) vert plassert på Nye Voss gymnas. Ein ser at begge skolane har gode argument for å ha dette tilbodet, men plasseringa på Nye Voss gymnas er vurdert som betre egna m.a. på grunn av sambruk av lokalar og fagleg synergieffekt. På same måte som for ID kan dimensjoneringa bli justert noko ned om tilbodet i Øystese vert oppretthalde i mars Fylkesrådmannen understrekar viktigheita av at det må leggast fysisk godt til rette for TOgruppene før elevane vert flytta over til Skulestadmoen. Tilrettelegginga må skje som ein del av dei første tiltaka på Skulestadmo. Endring av vedtak frå 2007 og Når heile skolestrukturen i fylket vert vurdert er det heilt naturleg at også strukturen på Voss vert teken opp til ny vurdering. Skolestrukturen i fylket er kompleks og kvar skole og lokalisering av tilbod påverkar kvarandre. Det er difor viktig og å ha det overordna perspektivet i handsaminga av strukturen på Voss. Fylkesrådmannen vil understreke at planen om to skolar og samlokalisering av tilboda ved Nye Voss vgs står ved lag. Nye vurderingar av Eigedomsavdelinga, m.a. av mellombelse løysingar under bygginga, tilseier at skolane ikkje kan byggast ut på same tid. Fylkesrådmannen vil tilrå ei utbyggingsrekkjefølgje som skissert i avsnittet «Delt vedtakssak». Dette inneber ferdigstilling av fase 1 (gymsal, klasserom, lærarabeidsplassar og tilrettelegging for EL og TO på Skulestadmo) hausten 2015 og ferdigstilling av fase 2 (ferdig utbygd Nye Voss gymnas) hausten Tidspunktet for ferdigstilling av fase 3 (full samlokalisering av Nye Voss vgs på Skulestadmo ved å bygge nye verkstadareal for fagtilboda frå Bryn) må kunne avklarast i saka i mars

64 Fylkesrådmannen vil tilrå følgjande dimensjonering av utdanningsprogram og programfag i den vidare programmeringa og planlegginga av Nye Voss gymnas: Utd. prog. Nivå Utdanningsprogram/Programfag Dimensjonerande elevtal DH VG1 Design og håndverk 15 VG2 Frisør 15 VG1 Helse- og oppvekstfag 30 HO VG2 Barne- og ungdomsarbeidarfag 15 VG2 Helsearbeiderfag 15 VG1 Idrettsfag 45 ID VG2 Idrettsfag 45 VG3 Idrettsfag 45 VG1 Musikk/dans/drama 15 MDD VG2 Musikk 15 VG3 Musikk 15 VG1 Restaurant- og matfag 15 RM VG2 Kokk- og servitørfag 15 SS VG1 Service og samferdsel 15 VG3 Reiseliv 15 VG1 Studiespesialiserande 60 ST VG2 Studiespesialiserande 60 VG3 Studiespesialiserande 60 VG1 Studiespesialiserande med formgiving 15 ST-FO VG2 Studiespesialiserande med formgiving 15 VG3 Studiespesialiserande med formgiving 15 PÅ VG3 Påbygg 45 MIN.SPR. Sum vgs Innføringskurs for minoritetsspråklege VG1-3 Bygg og Anleggsteknikk (BA) 15 VO VG1-3 Helse- og oppvekstfag (HO) 60 VG1-3 Naturbruk (NA) 15 VG1-3 Studiespesialiserande (ST) 30 Sum vgo 760 (Dimensjonering av Idrettsfag og Påbygg kan bli justert litt ned i saka i mars 2013) 27

65 Fagtilbod på Amalie Skram vgs og verknader for Bergen Handelsgymnasium, Bjørgvin vgs, Tanks vgs og Lønborg vgs. Høyringsutkastet til skolebruksplanen seier følgjande om fagtilbod på Amalie Skram vgs: Amalie Skram vgs er p.t. under bygging. Skolen er opprinneleg planlagt for i overkant av 900 vgs-elevar og med solide fagmiljø på utdanningsprogramma ST og HO (tidlegare HS). I arbeidet med skolebruksplanen har ein vurdert denne tilbodsstrukturen opp mot andre løysingar for heile skolestrukturen i sentrum og landa på ei anna anbefaling. I framlegg til alternativ skole- og tilbodsstruktur er det foreslått å samle ST-tilbodet frå Tanks vgs, Bergen Handelsgymnasium og Bjørgvin vgs i eit stort og solid ST-miljø med ti parallellar på Amalie Skram vgs. Ein slik skole vil kunne tilby eit breitt utval spesialiserte programfag, som vil kunne konkurrere med dei private skolane i høve til kvalitet og bredde i tilbodet. I tillegg til ST, kan og SS-tilboda frå Bjørgvin vgs og Bergen Handelsgymnasium samlast på Amalie Skram vgs. Dette vil gje gode tilhøve for eit sterkt SS-fagmiljø i samarbeid med dei økonomiske faga på ST. Lønborg sitt HO-tilbod er foreslått flytta til Åsane vgs. Alternativet var å utvide det planlagde HO-tilbodet på Amalie Skram vgs, men plassen tillot ikkje at det kunne utvidast så mykje at ein kunne legge ned HO-tilbodet på Årstad vgs. Då det ikkje er ønskjeleg med to store konkurrerande HO-miljø på Amalie Skram vgs og Årstad vgs, er det vurdert som ei betre løysing å flytte delar av tilbodet til Åsane. Toppidrett symjing er framleis tenkt som ein del av ST-tilbodet på Amalie Skram vgs. Om Olympiatoppen ynskjer å samle toppidrett på ein skole, kan eventuelt og toppidrettsklassane frå Tertnes vgs flyttast til Amalie Skram vgs. Amalie Skram vgs overtek TO-tilboda som i dag er på Bergen Tekniske Fagskole (Margaretastredet) og Bjørgvin vgs. Gruppene i Margaretastredet vert ikkje fysisk flytta. Høyringsutkastet til skolebruksplanen seier følgjande om Bergen Handelsgymnasium: Bergen Handelsgymnasium held til i eit skolebygg som er dårleg tilpassa den verksemda som skal drivast i ein moderne skole. Kapasiteten er liten og areala lite fleksible jamført med behov for å kunne variere undervisninga. Skolen er ikkje universelt utforma. Hausten 2012 må skolen flytte ut av leigde lokalar. Kapasiteten vert då redusert. Utviding av skolen vart utgreia i 2008, men tomten er trong og vanskeleg. Det vil vere ei langt betre løysing å flytte det meste av verksemda til Amalie Skram vgs. I alternativa vert tilboda på BHG flytta til Amalie Skram vgs (ST og SS) og Årstad vgs (MK). Forslaget har grunnlag i kriteriet om større fagmiljø og eit ønskje om å etablere store og solide fagmiljø i sentrum. ST-tilboda som står att vil sikre stabilitet og vere svært attraktive og robuste tilbod både for elevane og lærarane. Ein stor ST-skole på Amalie Skram vgs vil kunne få eit minst like godt fagtilbod som BHG og skolane i Kong Oscarsgate har hatt som følgje av programfagutveksling på VG2 og VG3. Lokala til BHG vert tilrådd omgjort til VO-senter for heile Stor-Bergen. Høyringsutkastet til skolebruksplanen seier følgjande om Bjørgvin vgs: Bjørgvin vgs held til i eit tidlegare kontorbygg som er bygd om til skoleverksemd. Lokala er greitt tilpassa verksemda, sjølv om bygget har 8 etasjar og det er mangel på grupperom. 28

66 Bjørgvin vgs har som dei andre ST-skolane i sentrum berre 3-4 parallellar, men skolen har i motsetnad til dei andre ikkje samarbeid med andre skolar på programfag i VG2 og VG3. I tillegg til ST har skolen SS og VG2-tilbod på HO (tidlegare HS), samt ein påbyggklasse og to TOgrupper. I arbeidet med skolebruksplanen har det vore vurdert å flytte Bjørgvin vgs til nye lokalar på Nordnes (når høgskolen flyttar ut), men etter ei samla vurdering har ein ikkje sett behovet for denne skolen all den tid Amalie Skram vgs og Årstad vgs har ledig kapasitet. I alternativ 1 vert tilboda på Bjørgvin vgs flytta til Amalie Skram vgs (ST, SS og TO) og Årstad vgs (HO). Forslaget har grunnlag i kriteriet om større fagmiljø og eit ønskje om å etablere store og solide fagmiljø i sentrum. ST-tilboda som står att vil sikre stabilitet og vere svært attraktive og robuste tilbod både for elevane og lærarane. Bjørgvin vgs har ein underavdeling i Kyrre skole. Avdelinga bør ikkje fysisk flyttast til Amalie Skram vgs, men bør bør på sikt få nye lokalar. Avstanden mellom Kyrre sine noverande lokalar og Amalie Skram vgs kan bli ei utfordring. Det er meir naturleg at avdelinga vert knytt til Bergen Katedralskole som ligg nærare. Den framtidige skolestrukturen i sentrum bør landast før ein tek endeleg stilling til dette. Høyringsutkastet til skolebruksplanen seier følgjande om Tanks vgs: I 2007 vart det vedteke at ST-tilbodet ved Tanks vgs skulle innlemmast i Amalie Skram vgs når denne var ferdigstilt. Tanks vgs har store behov for nye lokalar. I arbeidet med skolebruksplanen har ein vurdert denne løysinga som god og det vert ikkje foreslått endringar for Tanks vgs i planen. Høyringsutkastet til skolebruksplanen seier følgjande om Lønborg vgs: I 2007 vart det vedteke at HO-tilbodet (tidlegare HS) ved Lønborg vgs skulle innlemmast i Amalie Skram vgs når denne var ferdigstilt. Plasseringa skulle styrke fagmiljøet og auke statusen til helsefaga. I arbeidet med skolebruksplanen har ein vurdert denne løysinga opp mot andre løysingar for heile skolestrukturen i sentrum og landa på ei anna anbefaling. Lønborg vgs har ikkje god bygningsmessig standard. HO-tilbodet på Lønborg vgs er foreslått flytta til Åsane vgs når den nye skolen er ferdigstilt. Alternativet var å utvide det planlagde HO-tilbodet på Amalie Skram vgs, men plassen tillot ikkje at det kunne utvidast så mykje at ein kunne legge ned HO-tilbodet på Årstad vgs. Då det ikkje er ønskjeleg med to store konkurrerande HO-miljø på Amalie Skram vgs og Årstad vgs, er det vurdert som ei betre løysing å flytte tilbodet på Lønborg vgs til Åsane. Åsane vgs vil då få eit solid og robust HO-miljø i nye og moderne lokalar. Tema i høyringsinnspela Nedlegging av Bjørgvin vgs/overflytting til Amalie Skram vgs Det har kome uttalar frå m.a. rektor, elevar og tilsette sine organisasjonar ved Bjørgvin vgs, samt uttale frå Tanks vgs, rektor og faglærarar ved HO (tidlegare HS) på Fyllingsdalen vgs og Hordaland Lektorlag. Sjå uttale nr. 23, 24, 25, 88, 89, 99, 100, 169, 184 og 206. Dei fleste er positive til grepa som vert skissert for Bergen sentrum i skolebruksplanen. 29

67 Det vert oppfatta som positivt at SS og ST vert flytta til Amalie Skram vgs. Det er for lite med tre parallellar ST. Ved ein reduksjon i SS-tilbodet må ein kutte både hos BHG og hos Bjørgvin vgs. TO-tilbodet (HT) på Bjørgvin må vidareførast i Amalie Skram vgs. Det er viktig at tilbodet på Bjørgvin vgs avd. Kyrre vert ivaretatt som ein del av det vidaregåande skoletilbodet i Hordaland fylkeskommune. Det er viktig med gode prosessar i personalet ved samanslåing av fleire skolar. Personalet må få høve til å verte kjende med kvarandre både fagleg og sosialt. Det er fleire som er opptekne av å få plass til helseservice- og helsesekretærfaget, samt hudpleiefaget på Amalie Skram vgs. Dette ville vere ei god plassering for å auke statusen på faga. Desse tilboda treng mykje areal. Lærarar med kompetanse på bedriftslære, entreprenørskap og økonomi, som ein vil ha på Amalie Skram vgs, er viktig for at hudpleieelevane skal kunne starte småbedrifter etter gjennomført utdanning. Tanks vgs stiller seg positiv til at Bjørgvin vgs er med i tilbodet på Amalie Skram vgs i dei nye alternativa og ser fram til eit godt samarbeid. Fyllingsdalen vgs peiker på at HO-tilbodet i sentrum vert radert vekk om tilboda på Bjørgvin vgs og Lønborg vgs vert flytta til Åsane og Årstad, og ikkje til Amalie Skram. Det vil gje gode tider for private aktørar. Nedlegging av Bergen Handelsgymnasium (BHG)/overflytting til Amalie Skram vgs Det har komme uttaler frå m.a. rektor, elevar og tilsette sine organisasjonar ved BHG, samt Bystyre og Ungdommens bystyre i Bergen. Sjå uttale nr. 17, 20, 44, 99, 101, 184, 191, 197, 206, 231 og 232. Det er delte meiningar i personalet om skolen bør leggast ned, og om heile eller deler av tilbodet skal flyttast til Amalie Skram vgs. 2/3 av personalet ønskjer flytting. Det vert lagt vekt på at det må gjennomførast gode prosessar i personalet og at personalet får vere med på å utforme tilbodet på den nye skolen. Mindretalet i personalet, elevrådet, Bergen bystyre og Ungdommens bystyre Bergen ønskjer vidareføring av dagens skole. Bygningsmassen må då verte rehabilitert. Det vert peika på at BHG har godt elevmiljø, trivsel og tryggleik for elevane, god søkning til skolen, stabilitet, verdien av eit eldre skolebygg og kvaliteten i ein liten skole. Det er fleire innspel som omhandlar Medium og kommunikasjon (MK), med ønskje om at tilbodet vert flytta med til Amalie Skram vgs. Det vert peika på at MK-tilbodet ved BHG er eit unikt tilbod som er samkøyrd med det studiespesialiserande programmet. Mediefaga er fordelt likt på dei tre åra og prosjekt til fordjuping er erstatta med fag frå VG3 og 2.framanspråk. Elevane på MK kan følgje det studiespesialiserande tilbodet i norsk, matematikk og framandspråk. Tanks vgs stiller seg positiv til at BHG er med i tilbodet på Amalie Skram vgs i dei nye alternativa og ser fram til eit godt samarbeid. Tilbod i Helse- og oppvekstfag (HO, tidlegare HS) på Lønborg vgs Det har kome uttaler frå m.a. rektor, elevar og tilsette sine organisasjonar ved Lønborg vgs og rektor og faglærarar ved HO-seksjonen på Fyllingsdalen vgs. Sjå uttale nr.47, 59, 88, 89, 131, 145, 206 og 212. Alle uttalane argumenterer for at helsefagutdanninga på Lønborg vgs skal flyttast til Amalie Skram vgs i høve gjeldande vedtak frå Plassering på den nye skolen i sentrum vil vere med på å auke statusen til faget og bidra til auka rekruttering. Dei tilsette har vore med i prosessen mot Amalie Skram vgs frå første dag, og fått ei sterk tilknyting til skolen. Helse- og oppvekstfag kan saman med vaksenopplæring vere med på å skape eit positivt mangfald på Amalie Skram vgs. 30

68 Fysisk nærleik til samarbeidsaktørar i utdanningssektoren på høgskole- og universitetsnivå samt nærleik til samarbeidsaktør Bergen kommune vil gje optimale utviklingstilhøve for fagområdet. Fyllingsdalen vgs peikar på at HO-tilbodet i sentrum vert radert vekk om tilboda på Bjørgvin vgs og Lønborg vgs vert flytta til Åsane vgs og Årstad vgs og ikkje til Amalie Skram vgs. Det vil gje gode tider for private aktørar. Særskild tilrettelagt opplæringstilbod i Margaretastredet Bergen Tekniske Fagskole (BTF) skriv i sin uttale (nr. 22), at skolen framleis vil kunne ivareta det vidaregåande skole-tilbodet i særskild tilrettelagt opplæring i Margaretastredet 2, dersom BTF vert flytta inn i høgskoleanlegget i Haugeveien. Margaretastredet 2 har gode lokalar for elevgruppa og avstanden til skoleanlegget i Haugeveien er kort. Studiespesialisering med Toppidrett (symjing og sommaridrettar) Tertnes vgs skriv i uttale nr. 185 at skolen ønskjer å halde fram med studiespesialisering med toppidrett, sjølv om toppidrett symjing vert flytta til Amalie Skram vgs. Tertnes vgs har eit godt idrettsanlegg som ligg nær skolen. Som ein framtidig stor skole innan studiespesialisering er det ønskjeleg med eit breitt og mangfaldig undervisningstilbod. Tilbod om utdanningsprogram Musikk, dans og drama Nokre uttalar peiker på at om tilbod i Musikk, dans og drama skal flyttast frå Langhaugen vgs, burde det vore flytta til Bergen sentrum og Amalie Skram vgs i staden for til Fyllingsdalen vgs. Argumentasjonen går m.a. på konkurranse med private aktørar i sentrum. Sjå uttale nr. 67 og 134. Drøfting og tilråding Fylkesrådmannen tilrår at Bjørgvin vgs vert lagt ned og tilboda i ST og SS vert overført til Amalie Skram vgs når denne står ferdig. Det er ikkje kome fram argument i høyringa som fører til ei endring i framlegga for Bjørgvin vgs. Fylkesrådmannen tilrår at BHG vert lagt ned som eigen skole og overført til Amalie Skram vgs når denne står ferdig. Det har kome sterke argument for at MK-tilbodet ved skolen skal flyttast til Amalie Skram vgs saman med resten av BHG. På ein stor vidaregåande skole med mange parallellar på ST er det rom for å tilby eit breitt spekter av programfag. Fylkesrådmannen vil difor tilrå at MK-tilbodet på BHG vert vidareført i form av programfagtilbodet i Medie- og informasjonskunnskap på ST på Amalie Skram vgs. Det vil ikkje vere rom for HO-tilboda frå Bjørgvin vgs eller Lønborg vgs på Amalie Skram vgs når ST og SS frå BHG og Bjørgvin vert flytta dit. Fylkesrådmannen tilrår at HO-tilbodet ved Bjørgvin vgs vert flytta til Årstad vgs, som får eit stort og breitt fagmiljø på HO. TO-tilbodet i Margaretastredet (arbeidslivstrening og kvardagslivstrening) har gode romtilhøve, men tilbodet bør høyre til ein vidaregåande skole sidan elevane skal vere ein del av eit utdanningsprogram. Fylkesrådmannen tilrår difor at tilbodet framleis vert lokalisert i Margaretastredet men at det vert vidareført som eit tilbod under Amalie Skram vgs straks skulen står ferdig. Fylkesrådmannen tilrår at utdanningstilbodet ved Amalie Skram vgs i alternativ 1 og 1B i skolebruksplanen vert vedtatt slik det er skissert i skolebruksplanen. Når det gjeld dei tilsette på BHG og Bjørgvin vgs har fylkesrådmannen som intensjon å inngå same avtalar som har vore gjort for tilsette Tanks og Lønborg vgs. Avtalen for tilsette på Tanks vgs står ved lag. For tilsette frå Lønborg vil nye Åsane vgs erstatte Amalie Skram i den avtalen som er inngått. Fylkeskommunen sine omstillingsreglar skal følgjast. 31

69 Fylkesrådmannen vil oppsummert tilrå følgjande dimensjonering av utdanningsprogram og programfag på Amalie Skram vgs: Utd. prog. Nivå Utdanningsprogram/Programfag Dimensjonerande elevtal VG1 Studiespesialiserande 300 ST VG2 Studiespesialiserande 285 VG3 Studiespesialiserande 285 VG1 Service og samferdsel 60 SS VG2 IKT-driftsfag 30 VG3 Reiseliv 30 VG4 Sal, service og tryggleik 15 PÅ VG3 Påbygg 60 TO VG1-3 Særskilt tilrettelagt opplæring 26 Sum vgs 1091 Medie- og informasjonskunnskap vert programfag på ST. Toppidrett er ein del av ST. TO-gruppene i Margaretastredet er med i TO-tala i tabellen (dette gjeld 10 elevplassar i HTA og HTH grupper for arbeidslivs- og kvardagslivstrening). Dei siste 16 TO-plassane er HT-grupper (med utgangspunkt i gruppene som vert flytta frå Bjørgvin) Fagtilbod på Bergen Katedralskole (BKS) og Vaksenopplæringa i Stor-Bergen Høyringsutkastet til skolebruksplanen seier følgjande om fagtilbod på Bergen katedralskole: Bergen Katedralskole har i dag omlag 43 % av elevane på ST, om lag 7 % av elevane på innføringskurs for minoritetsspråklege og om lag 50 % i vaksenopplæring. Skolen har eit fagleg samarbeid med Bergen Handelsgymnasium (BHG) og Tanks vgs om programfagutveksling på VG2 og VG3. Samarbeidet med BHG og Tanks vgs gjer at skolen kan tilby elevane eit breitt programfagtilbod, men dette samarbeidet vert endra når Tanks vgs og kanskje og BHG flyttar til Amalie Skram vgs. For Bergen Katedralskole vert følgjande forslag gjort gjeldande: o Vaksenopplæringa flyttar til VO-senteret i BHG sine noverande lokalar. o Kapasiteten på skolen vert auka til sju parallellar ST. På den måten får Bergen sentrum to store og solide offentlege ST-skolar. o Innføringsklassane vert vidareført. o Kyrre skole bør bli ei avdeling under Bergen Katedralskole dersom Bjørgvin vgs vert lagt ned som eigen skole, men den framtidige skolestrukturen i sentrum bør landast før ein tek endeleg stilling til dette. Høyringsutkastet til skolebruksplanen oppsummerar følgjande om vaksenopplæringa: Skolebruksplanen tek omsyn til auka omfang av VO i dimensjoneringa av skoletilbodet, jf. kapittel 4.3 i planen. Det er viktig for vaksenopplæringa å vidareføra utviklinga av sentrale vaksenopplæringssentre. Dei viktigaste argumenta for å vidareføra denne utviklinga er: Å styrka ei berekraftig storleik på dei vaksenpedagogiske og lærarfaglige miljøa, styrka dei administrative og merkantile funksjonane, og styrka funksjonar knytt til rettleiing og vurdering av formal/realkompetanse. 32

70 Den geografiske plasseringa av dei sentrale VO-sentra må tilpassast infrastrukturen og tilbodet av offentlege transportmidlar. Å ha ein storleik som gjer drifta av aktiviteten sentral og føreseieleg for respektive skolar. Oppretting av tre sentrale senter for vaksenopplæring, eitt i Stor-Bergen, eitt i Sunnhordland og eitt i Voss/Hardanger vil kunne styrke tilboda. Ein ser føre seg at praksisen med å tilby kurs på skolar der det er ønskje og behov for det kan oppretthaldast, men at kursa vert organisert gjennom dei tre vaksenopplæringssentra. Tema i høyringsinnspela Fagtilbod på Bergen Katedralskole (BKS) Det har kome uttalar frå m.a. rektor og tillitsvalde ved BKS, Business Region Bergen, Bjørgvin vgs, Bjørgvin vgs avd. Kyrre og Lektorlaget ved Olsvikåsen vgs. Sjå uttale nr. 18, 23, 29, 82, 103 og 151. Rektor og tillitsvalde på BKS skriv at framlegget om å auke frå 4 til 7 parallellar på den ordinære studiespesialiserande utdanninga, som inneber 8-9 parallellar medrekna innføringsklassar og Baccalaureate-elevane er heilt i tråd med det skolen ønskjer. Rektor og Lektorlaget ved Olsvikåsen vgs ynskjer ikkje at innføringsklassen frå deira skole skal flyttast inn til sentrum. Innføringsklassar utanfor sentrum styrkar minoritetsspråklege sin lokale forankring og opnar for større integrering. Business Region Bergen er oppteken av at det internasjonale skoletilbodet på BKS vert oppretthaldt (internasjonal baccalaureate) Kyrre skole har ikkje noko i mot å vere ei avdeling under BKS, men ser det likevel som meir rasjonelt og organisatorisk ryddig om skolen kunne vore ei sjølvstendig avdeling. Skolen er einig i vurderinga av at dei bygningsmessige tilhøva er for dårlege, og ber om at skolen får nye lokalar i sentrum. Rektor på Bjørgvin vgs ber og om at Kyrre skole vert ivaretatt. Vaksenopplæringssenter ved Bergen Katedralskole eller i BHG sine noverande lokalar Det har kome uttalar frå m.a. Vaksenopplæringa ved BKS, rektor ved Årstad vgs, Fagforbundet, rektor og elevråd ved Fusa vgs, samt tilsette ved Knarvik vgs, Radøy kommune, opplæringskontor og bedrifter i Nordhordland. Sjå uttale nr. 18, 19, 46, 59, 87, 103, 112, 155, 162, 163, 167 og 226. Ein sjølvstendig skole (vaksenopplæringssenter) må ha fleire fag enn dei 7 som vaksenopplæringa ved BKS har i dag for å ivareta og vidareutvikle eit forsvarleg høgt fagleg og pedagogisk nivå. Det vert peika på at eksisterande fagmiljø ved VO-senteret vert redusert og svekka dersom VO-senteret vert etablert som ei eiga eining i BHG-sine lokalar. Det er ein fordel for breidda i tilbodet at lærarane jobbar både i VO-tilbodet og det ordinære vgs-tilbodet. Skolen sjølv foreslår utbygging for å få plass til både VO-senteret og auka kapasitet på studiespesialiserande utdanningsprogram på BKS. Det er viktig at eit vaksenopplæringssenter har samdrift og samlokalisering med ein vanleg vidaregåande skole som har eit ressursgrunnlag tilsvarande minst 50 undervisningsstillingar. Nærleik til kompetansemiljø og verkstader for konkretisering av faga er argument for å samlokalisere VO-sentra og ordinære vidaregåande skolar. I eit nytt vaksenopplæringssenter vil det vere ei føremun å samle fleire sentre for å få betre samarbeid omkring informasjon og rådgjeving, og betre utnytting av merkantil hjelp. Fagforbundet er einig i at omfanget av vaksenopplæring vil auke. Sjølv om ein etablerer tre opplæringssentre må praksisen med å tilby opplæring på skolar med ønskje og trong oppretthaldast. Rektor og elevråd ved Fusa vgs og aktørar i Nordhordland peiker på at det og må vere vaksenopplæringstilbod i distrikta, då vaksenopplæringa bør gå føre seg der dei vaksne 33

71 elevane bur og arbeider. Reisetida til sentrum vert for lang frå ytre deler av regionen. Flytting av tilboda til sentrum vil føre til at vaksne i distriktet ikkje vil kunne ta denne typen utdanning og skolane ikkje vil kunne setje i gang kompetansehevande kurs for lokalt næringsliv. Det vert peika på at utdanningsnivået er lågare i distriktet enn i sentrum og behovet for VO-tilbod difor er større. Drøfting og tilråding Det har ikkje kome fram moment som talar for ei endring av forslaga om fagtilbod på ordinær vidaregåande opplæring ved Bergen Katedralskole. Fylkesrådmannen tilrår difor at BKS vert tilrettelagt som skissert i alternativ 1 og 1B i skolebruksplanen, med sju parallellar ST, innføringsklasse og IB-linje. For å unngå utbygging av skolen, må det vurderast om IB-linja må vere inkludert i dei 7 parallellane eller ikkje. Det har komme fleire argument som talar for at eit sentralt vaksenopplæringssenter bør vere ein del av ein ordinær vidaregåande skole. Av den grunn vil fylkesrådmannen tilrå at Vaksenopplæringssenteret for region Stor-Bergen organisatorisk og administrativt vert lagt inn under BKS, men likevel vert lokalisert til BHG sine noverande lokalar. Det er viktig å understreke at VO-senteret vil samarbeide med ein rekke skolar i regionen om tilbod av kurs. Det vil framleis vere tilbod for vaksne elevar på fleire skolar i heile regionen, men tilboda vert organisert gjennom det sentrale VO-senteret. Tilbodet på Kyrre skole vert vidareført som ei avdeling under BKS. Det er registrert at det er trong for å gjere noko med dei fysiske tilhøva på skolen. Korleis ein skal løyse dette må greiast ut og sjåast i samanheng med andre utbyggingsbehov. Fylkesrådmannen vil tilrå følgjande dimensjonering av utdanningsprogram på Bergen Katedralskole: Utd. prog. Nivå Utdanningsprogram Dimensjonerande elevtal VG1 Studiespesialiserande 210 ST VG2 Studiespesialiserande 195 VG3 Studiespesialiserande 190 MIN.SPR. Innføringskurs for minoritetsspråklege 50 Sum vgs 645 VG1-3 Bygg og Anleggsteknikk (BA) 30 VG1-3 Helse- og oppvekstfag (HO) 400 VG1-3 Naturbruk (NA) 30 VO VG1-3 Restaurant og matfag (RM) 15 VG1-3 Service og samferdsle (SS) 15 VG1-3 Studiespesialiserande (ST) 600 Sum VO VG1-3 Teknikk og industriell produksjon (TIP) VO vil gå føre seg i BHG sine tidlegare lokalar, og rundt om på skolane i regionen. Tilbodet om internasjonal baccalaureate er i utgangspunktet inkludert i ST, men kan og koma i tillegg om detaljutgreiing syner at det er plass utan at skolen vert bygd ut. Fagtilbod på Årstad vgs Høyringsutkastet til skolebruksplanen seier følgjande om fagtilbod på Årstad vgs: Årstad vgs er ein stor yrkesfagleg vidaregåande skole med breie og solide fagmiljø. Skoleanlegget er i eit pågåande rehabilitering- og ombyggingsprosjekt. I alternativa er det foreslått å endre fagtilbodet på skolen noko. Den største endringa er at BAtilbodet vert lagt ned for å kunne få store nok fagmiljø på andre skolar. På den andre sida får 34

72 skolen auka elevtal på fleire av dei andre utdanningsprogramma og oppretta eit nytt ST-FO tilbod med ein klasse på kvart trinn. DH vert vidareført med noko redusert kapasitet. Skolen vert knutepunktskole for DH, med alle VG2- og VG3-tilbod. Skolen vert knutepunktskole for HO (tidlegare HS), med 11 parallellar VG1, 10 parallellar VG2 fordelt på fire programfag og 3 klassar VG3 fordelt på to programfag. Fagmiljøet på HO vil vere det største i fylket. MK får auka kapasitet når tilbodet frå BHG vert flytta til skolen. RM vert vidareført med lik kapasitet som i dag. Tilbodet på RM er relativt lite og i planarbeidet vart det vurdert å flytte tilbodet til Sandsli vgs. EL vert vidareført med same tilbod som i dag. Konkurransen med Bergen Maritime vert unngått ved vidareføring av fordelinga av VG2-tilbod. Om Bergen Maritime ikkje kan utvide kapasiteten, vil Årstad vgs kunne få fleire elevar på EL. TIP-tilbodet vert vidareført, men med noko redusert kapasitet. Om Bergen Maritime ikkje kan utvide kapasiteten, vil Årstad vgs også kunne få fleire elevar på TIP. TO-tilbodet vert vidareført. Innføringskurs for minoritetsspråklege vert vidareført. Lærlingskolen/teoriundervisning for lærlingar med full opplæring i bedrift vert vidareført, med om lag tre-dobling av kapasiteten. VO-tilbodet vert lagt ned og flytta til det nye VO-senteret i BHG sine noverande lokalar. Lån av verkstader til VO-opplæringa vil framleis vere aktuelt. Tema i høyringsinnspela Det har kome uttalar frå rektor ved Årstad vgs, Bygningsgruppen Bergen, FAU- Formgivingsfag Hordaland, FAU Design og handverk Hordaland og Lektorlaget ved Olsvikåsen vgs som er relevant for Årstad vgs. Sjå høyringsuttale nr. 30, 61, 65, 103, 206 og 226. Rektor ved Årstad vgs støttar skolebruksplanen sin tanke om å sørgje for sterke, robuste fagmiljø på skolane. Planen vidareførar Årstad si rolle som tung aktør innan yrkesopplæringa i Hordaland. Det vil vere eit tap for skolen å miste BA der skolen har eit sterkt fagmiljø. Det ideelle ville vore å gjere BA på Årstad større. Årstad vgs ligg sentralt til ved bybanen og i sentrum av Bergen. Det vert lang reiseveg for elevane frå motsett side av sentrum. Skolen ser og helst at RM kunne vore styrka, men er glade for å behalde tilbodet. Kapasiteten på TIP og EL kan og gjerne aukast. Bygningsgruppen Bergen meiner at det er eit underleg val at BA-tilbodet på Årstad vgs vert fjerna når ein har eit uttalt mål om å styrke og leggje til rette for kompetansesenter. Årstad har godt fagmiljø, kapasitet på verkstader og ligg sentralt til. Nedlegging av BA-tilboda på Årstad vgs og Åsane vgs vil konkret resultere i at ingen sentrumsnære skolar vil ha tilbod om undervisning i røyrleggarfaget (VG2 Klima, energi og Miljø). Stor-Bergen har årleg trong for nye læringar i røyrleggarfaget. FAU Formgivingsfag Hordaland skriv at skolebruksplanen ikkje tek inn over seg skilnaden mellom utdanningsprogramma Design og Handverk (DH) og Studiespesialiserande med formgjeving (ST-FO). Det er eit viktig poeng at elevane på ST-FO skal kunne velje programfag på lik linje med elevane på ordinært løp. I tillegg skal elevar i ordinært studiespesialiserande løp kunne velje programfag frå formgjevingsfag. Ein stiller seg difor undrande til at ein legg ned studiespesialiserande med formgjevingsfag på skolane i og rundt Bergen for å etablere faget på Årstad vgs, som er ein rein yrkesfagleg skole. Lektorlaget ved Olsvikåsen vgs og Utdanningsforbundet Hordaland har mange av dei same argumenta i sine uttaler. Fagleg arbeidsutval i Design og håndverk (DH) stiller seg uforståande til framlegget om å legge ned dette studietilbodet på skolar rundt Bergen, for så å samle tilbodet til færre skolar i fylket. Samarbeid med ulike aktørar i lokalsamfunna står så sentralt i faget at det vil vere særs ødeleggande for miljøet i bydelane der DH vert borte. Det bør vere tilbod i praktisk/ estetiske 35

73 fag i alle bydelar. Sentralisering av tilbodet vil ikkje hjelpe på søkartala; dess mindre tilgang og vanskelegare reise dess mindre blir søkartalet. Drøfting og tilråding Fylkesrådmannen vil tilrå at forslag til fagtilbod ved Årstad vgs i alternativ 1og 1B i skolebruksplanen vert vedtatt, men vil åpne for mindre justeringar i saka i mars 2013 når ein ser tilboda i samanheng med fleire skular. Det viktigaste no er å gjere vedtak om nedlegging av BA. Fylkesrådmannen tilrår nedlegging av BA frå skuleåret 2013/14 fordi byggeprosjektet på Årstad vgs snarast mogleg må få frigjort BA sine verkstadsareal til TIP, for igjen å få frigjort TIP-areala til andre utdanningsprogram. Ei av utfordringane for å kunne skapa eit godt skoleanlegg på Årstad er at skolen i dag ikkje har uteområde for elevane. BA er eit utdanningsprogram som har stort behov for areal ute. Dette lar seg ikkje forene med lite uteområde og mange elevar på skolen. Ved å legge ned BAtilbodet vil det kunne etablerast eit flott uteområde med vrimleplass og amfi for alle elevane ved skolen. Dette er eit viktig miljøtiltak for «nye» Årstad vgs. Argumenta i høyringa for å behalde BA-tilbodet er gode, men avstanden til Slåtthaug vgs er ikkje veldig stor når byggesteg 2 av Bybanen står ferdig sommaren Ved å legge ned BA-tilbodet på Årstad vgs vert det og opna for å auke kapasiteten på t.d. MK og HO. Når Slåtthaug vgs får ny bygghall i 2013, vil det vere ledig kapasitet på BA i alle regionar rundt Bergen sentrum. Før denne bygghallen står ferdig vil det vere tilstrekkeleg tilbod i Åsane, Arna og Laksevåg. Hausten 2013 vil røyrleggarfaget t.d. ha tilbod i Åsane. Lokalisering av røyrleggarfaget i endeleg struktur må ein kome tilbake til i mars då BA ikkje er eit av tilboda som førebels er planlagt på den nye skulen i Åsane. På RM er det for tida ikkje stor nok søking til at tilbodet på Årstad kan utvidast utan at det vil gå ut over tilbodet på andre skolar. Utviding av tilbodet på HO er viktig for å ha eit stort HO-tilbud nær sentrum når tilboda på Lønborg vgs etter kvart vert flytta til Åsane vgs. Fylkesrådmannen meiner det vil vere ein styrke for utdanningsprogrammet DH å verte samla i større einingar. Årstad vgs ligg sentralt til, slik at det vil vere høve for å komme seg dit frå alle bydelar i Bergen. Når det gjeld ST-FO er innvendingane mot å plassere dette tilbodet på ein skule utan ST gode. Samstundes er det ein god ide å ha tilbodet på ein skule med gode verkstader for DH. Fylkesrådmannen ser at det vil vere lurt å avvente endeleg avgjerdsle vedkomande ST-FO til ein ser på strukturen i heile Stor-Bergen i mars Fylkesrådmannen vil med atterhald om mindre justeringar i saka i mars 2013, spesielt i høve til ST- FO, tilrå følgjande dimensjonering av utdanningsprogram og programfag for den vidare planlegginga av byggeprosjektet på Årstad vgs: 36

74 Utd. prog. Nivå Utdanningsprogram/Programfag Dimensjonerande elevtal VG1 Design og håndverk 75 VG2 Design og tekstil 15 DH VG2 Frisør 30 VG2 Interiør og utstillingsformgjevar 15 VG3 Interiør 15 VG3 Utstillingsdesign 15 VG1 Elektrofag 45 EL VG2 Data og elektronikk 30 VG2 Kulde- og varmepumpeteknikk 15 VG3 Dataelektronikarfaget 15 VG1 Helse- og oppvekstfag 165 VG2 Barne- og ungdomsarbeidarfag 60 VG2 Fotterapi og ortopedi 15 HO VG2 Helsearbeiderfag 45 VG2 Hudpleie 30 VG3 Fotterapi 15 VG3 Hudpleier 30 VG1 Medium og kommunikasjon 45 MK VG2 Medium og kommunikasjon 45 VG3 Medium og kommunikasjon 15 RM VG1 Restaurant- og matfag 30 VG2 Kokk- og servitørfag 30 VG1 Teknikk og industriell produksjon 75 TIP VG2 Køyretøy 30 VG2 Laboratoriefag 15 VG2 Industriteknologi 30 VG1 Studiespesialiserande med formgiving 15 ST-FO VG2 Studiespesialiserande med formgiving 15 VG3 Studiespesialiserande med formgiving 15 PÅ VG3 Påbygg 60 TO VG1-3 Særskilt tilrettelagt opplæring 54 MIN.SPR. Innføringskurs for minoritetsspråklege 50 Sum vgs 1154 LS Lærlingar i skolen 90 Sum vgo 1244 Dimensjoneringa kan bli litt justert i saka i mars

75 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga NOTAT Til: Fylkesordføraren Dato: 23. november 2012 Frå: Ziem, Øydis Rydland Arkivsak: /OYDRYD Kopi til: Arkivnr.: 52.T07 Vedlegg til fylkestingssak «SKOLEBRUKSPLAN FOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE DEL 1; SKOLESTRUKTUR PÅ VOSS OG I DELAR AV BERGEN SENTRUM Samandrag av høyringsuttaler Del 1; Høyringsuttaler vedkomande sak i desember 2012 Samandraga er laga for å gi oversikt over tema og argumentasjon. Heile argumentasjonsrekker er ikkje referert. A. Uttaler vedkomande Bergen sentrum 17. Bergen Handelsgymnasium (BHG) v/ Rune Dolvik, rektor BHG tilrår at tilbodet ved BHG i si heilheit vert flytta til Amalie Skram vgs frå hausten Medier og kommunikasjon, som eir ein del av tilbodet ved BHG, må og takast med i det nye fagtilbodet ved Amalie Skram vgs. Alle skolar vinn på å ha eit kreativt fagtilbod. Medier og kommunikasjon verkar samlande på skolen sine elevar og er med på å skape fellesskap og identitet. Dette har BHG erfart. 2/3 av personalet er positive til planane om flytting til Amalie Skram vgs. Eit mindretal meiner at tilbodet ved BHG bør halde fram, men føreset då rehabilitering av bygningen. Mindretalet ser behov for både små og store skolar i sentrum. Skolebygningen til BHG tilfredsstiller ikkje dagens standard og er heller ikkje universelt utforma. Skolen leiger i tillegg klasserom i andre bygg, og dette er ikkje ei god løysing. Dei bygningsmessige tilhøva, med mangel på hensiktsmessige undervisningsareal, hensiktsmessige rom og fellesareal er den viktigaste grunnen til skolen si tilråding. Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5 - Postadresse: Postboks Bergen - Telefon Telefaks E-postadresse: opplering@hfk.no Bankgironr Foretaksnr. NO mva.

76 Fleirtalet i personalet ved BHG ser mange moglegheiter i ein ny, flott skole; gode romløysingar som kan gi pedagogisk vinst og større fagmiljø med moglegheiter for ein samarbeids- og delingskultur. Personalet ved BHG føreset at personala ved alle skolane som skal inn i Amalie Skram vgs vert likestilt og involvert i planleggingsprosessar i god tid før oppstart. Målet for den nye skolen må vere å samle det beste frå fleire kulturar. Erfaringar frå andre samanslåingar viser at dette er ei krevjande oppgåve som ikkje går av seg sjølv. 18. Bergen Katedralskole (BKS) v/ Bjørn Kr Jæger, rektor, Knut kr Andersen, tillitsvald UDF, Andreas Hellesøy, tillitsvald NL og Hallgeir Utne Hatlevik, tillitsvald SL BKS er oppteken av at vedtaka i skolebruksplanen både må sørgje for vidare utvikling av BKS sin vidaregåande/studiespesialiserande verksemd, og sikre ein vidare eksistens av det unike fagmiljøet som skolen over år har utvikla i vaksenopplæringa. Skolebruksplanen sitt framlegg om å auke frå 4 til 7 parallellar på den ordinære Studiespesialiserande utdanninga, som inneber 8-9 parallellar medrekna innføringsklassar og Baccalaureate-elevane, er heilt i tråd med skolen sine eigne ønskjer. Dette meiner skolen vil muliggjere ei ønska utviding av fagtilbod, som er naudsynt for å møta den aukande konkurransen frå private tilbod. BKS peikar på fleire negative konsekvensar ved å flytte vaksenopplæringa til eit eige VOsenter ved BHG: eksisterande fagmiljø vil bli redusert og svekka (lærarar kan ikkje jobbe i begge tilboda lenger og lærarar på vaksenopplæringa vil nytte seg av retten til å bli verande ved BKS). I tillegg vil skolen sin spisskompetanse innan kompetansekartlegging og spesialpedagogikk for minoritetsspråklege stå i fare for å gå tapt for vaksenopplæringa. Heile 43 av skolen sine 73 lærarar er i dag engasjert i delar av vaksenopplæringa sine 18 årsverk. Eit eventuelt eige vaksenopplæringssenter i sentrum må, slik BKS ser det, ha heilt andre dimensjonar enn det senteret som det er framlegg om på BHG. Med meir enn 700 elevar ville det faglege og pedagogiske tilbodet kunne ha vore på line med dagens tilbod ved BKS. Alternativt må senteret samlokaliserast med ein vidaregåande/studiespesialiserande skole med minst 50 lærarårsverk. For å unngå at dagens godt fungerande vaksenopplæring skal gå tapt, gjer BKS framlegg om ei utbygging av skolen med 3 parallellar i , på ledig areal mot/langs Kong Oscarsgate. Brakkar på skoleplassen må då og erstattast med nye kontorarbeidsplassar for lærarane. Eit areal på 2000 m 2 til ein investeringskostnad på ca. 80 mill. kr. vil vere tilstrekkeleg. Sal av BHG vil med ,- kr pr. m 2 kunne gi ei salsinntekt på 52,5 mill. Dette vil samla sett kunne bli rimelegare enn skolebruksplanen sitt framlegg om 35 mill. til oppgradering av BHG og 18 mill. til nye lærararbeidsplassar ved BKS. 19. Bergen Katedralskole (BKS) Vaksenopplæringa v/ Atle J. Steinsland, avdelingsleder Ein sjølvstendig skole må ha fleire fag enn dei 7 som vaksenopplæringa ved BKS har i dag for å ivareta og vidareutvikle eit forsvarleg høgt fagleg og pedagogisk nivå. Skolen må og ha fleire enn 20 undervisningsstillingar, som tilfellet vil vere om vaksenopplæringa ved BKS vert skild ut som eigen driftseining i eit eige bygg. 2

77 Det er viktig at eit vaksenopplæringssenter har samdrift og samlokalisering med ein vanleg vidaregåande skole med ressursgrunnlag tilsvarande minst 50 undervisningsstillingar. Senter for vaksenopplæring ved BKS må difor og i framtida vere samlokalisert og i samdrift med ein «vanleg» vidaregåande skole med studiespesialisering. Det kan ventast auka søking til vaksenopplæring dei næraste åra. I dag har BKS ledig romkapasitet på kveldstid, men ikkje på dagtid som dei fleste søkjarane ønskjer. Vaksenopplæringa på BKS har skaffa seg god kompetanse på å kartleggje kompetanse til minoritetsspråklege søkjarar og å leggja til rette tilbodet til desse. Denne kompetansen er svært viktig å ha med seg inn i ein ny situasjon. I eit nytt opplæringssenter vil det vere ei føremon å samle fleire sentre for å få betre samarbeid omkring informasjon og rådgjeving og betre utnytting av merkantil hjelp (som er for lita i dag). Tilsette i fylkesadministrasjonen som arbeidar med vaksenopplæring kunne gjerne vore ein del av eit slikt senter. Eit felles vaksenopplæringssenter for Bergen må ha ei sentral plassering med nærleik til gode kommunikasjonar for å kunne lukkast i konkurransen med private skolar. 20. Bergen kommune v/bystyret Bergen kommune har følgjande kommentarar til konkrete strukturalternativ i sentrum: Bergen Handelsgymnasium (BHG) representerer eit kvalitativt godt skoletilbod i Bergen. Skolen har aukande søkjartal, har ein unik kombinasjon av fag og opplæringstilbod og kan vise til gode resultat. Bystyret i Bergen ønskjer at drifta ved BHG vert ført vidare. Bergen kommune viser til at bygging av ny skole og svømmeanlegg på Nygårdstangen (Amalie Skram vgs) er i tråd med fortettingsstrategien i kommuneplanen sin arealdel. Resten av uttalen vert summert opp i mars. 22. Bergen tekniske fagskole (BTF) v/ Torbjørn Tvedt, rektor Samandrag på innspel vedkomande Fagskolen kjem i saka i mars. BTF har følgjande innspel som vedkjem saka i desember: Om skolen vert flytta til høgskoleanlegget i Haugeveien vil BTF framleis kunne ivareta det vidaregåande skoletilbodet i særskild tilrettelagt opplæring (STO) i Margaretastredet 2. Her er gode lokalar for elevgruppa og avstanden til skoleanlegget i Haugeveien er kort. 23. Bjørgvin videregående skole v/ Kristen Stormark, rektor Bjørgvin vgs er i all hovedsak positiv til skolebruksplanen for Bergen sentrum. Framlegget om overføring av Stusp og SS til Amalie Skram vgs er gledeleg. Skolen skulle og helst ha sett at helsefaga hadde vore ivaretatt med ei sentrumslokalisering i denne store omorganiseringa. 3

78 Rektor ber om at Kyrre skole må ivaretakast som eit tilbod i fylkeskommunen, med nye og betre lokalitetar, noko det er stor behov for. Uttalen viser til eigne uttaler frå avdelingane (ref. uttale 24, 25 og 82) 24. Bjørgvin videregående skole, SS og STUSP v/ Berit Østerbø Brekke, ass. rektor og avd.leiar realfag, og Astrid Hjellbakk, avdelingsleiar SS og STUSP Dersom Bjørgvin vgs vert overførd til Amalie Skram vgs er det ønskjeleg at tilbodet på SS; 3 klassar på Vg1, 2 klassar på Vg2 Sal, service og sikkerheit, 2 klassar IKT servicefag og 2 grupper på HT vert vidareført. Ved ein eventuell reduksjon i SS-tilbodet på den nye skolen er det viktig at denne blir fordelt mellom BHG og Bjørgvin vgs. Tilbod på Sal, service og sikkerheit er det spesielt med omsyn til praksis-perioden gunstig å ha sentrum. Her er nærleik til læreplassar og områder som ein samarbeider med. IKT-servicefag har stor søknad og elevane er ettertrakta som lærlingar. Amalie Skram vgs kunne gjerne ha vorte ein skole der lærlingane innan IKT frå heile fylket kunne tatt den formelle fagprøven i IKT servicefag. HT-klassane har no fått eit miljø og eit godt samarbeid med dei ordinære klassane på SS. Tilbodet må fortsette som eit tilbod innan SS ved Amalie Skram vgs. Ein ny skole i sentrum bør ha tilbod til alle elevgrupper. Transport mellom heim og skole er og lettare når skolen er i sentrum. 3 parallellar på Stusp gir eit snevert tilbod innan programfaga. Kollegiet er positive til å bli ein del av ein stor skole med mange parallellar og godt tilbod på dei ulike fagområda. Bjørgvin vgs har eit særs godt tilbod innan samfunnsfaga som ein vonar å kunne vidareføre ved den nye skolen. Nokre negative erfaringar frå tidlegare samanslåingar tilseier at prosessen må starte tidleg slik at overføring til ny skole og nytt kollegium blir god og positiv. 25. Bjørgvin videregående skole, HS v/ Eli Smith Egeland, avd.leiar HS HS v/bjørgvin vgs meiner at lokalisering og tiltrekkjande omgivnader vil vere viktig om fylket vil satse på helsefaga. Amalie Skram vgs vil kunne tiltrekkje seg god elevsøknad, både når det gjeld helseservice- og helsesekretærfaget, og ikkje minst for hudpleiefaget. Begge programområda treng store areal. Ein stor del av elevane si praktiske læring går ut på å jobbe med kundar i «klinikken». Ei sentral plassering i nærleiken av bykjerna/bystasjonen vil då kunne trekke til seg kundar. Ei heilskapleg, moderne utdanning for hudpleiefaget tilseier at ein tek inn helse, ernæring, trening og kroppspleie i utdanninga. Symjebassenget ved Amalie Skram vgs vil vere eit flott tilbod i samband med SPA-behandling. Helsefaga ønskjer å vere attraktive for å kunne knyte til seg lærarar med spesialistutdanning. Det er behov for lærarar med variert kompetanse, t.d. kompetanse på bedriftslære, entreprenørskap og økonomi. Samlokalisering med tannpleie er og ein god tanke. 4

79 Fleire av HS-lærarane har vore med på samanslåing av skolar tidlegare og veit at det er ein slitsam prosess å bygge opp igjen eit godt arbeidsmiljø. 29. Business Region Bergen (BRB) v/ Asbjørn Algrøy, adm. dir og Vidar Totland, næringspolitisk leder Samandrag på innspela frå BRB kjem i saka i mars, men følgjande innspel vedkjem saka i desember: BRB er oppteken av at regionen må ha tilbod om internasjonal skole på alle nivå. Tilbodet ved Bergen Katedralskole må difor vidareførast. 30. Bygningsgruppen Bergen v/ Kenneth Nilsen, formann Bygningsgruppen, Magnus Thunestvedt, styreformann NELFO Bergen og omegn, Finn Tore Nilsen, styreformann Bergen Murmesterforening, Gunnar Størksen, Oldermann Bergen Byggmesterlaug, Odd Strand, stilasentreprenørene, Tore Knudsen, styreformann Maler- og byggtapetsermestrenes Foreining i Bergen og Thomas Jørs, styreformann NRL avd. Vest Bygningsgruppen er den største tverrfaglege samanslutninga av handverksfag med 11 faggrupper og 300 medlemsbedrifter i kommunane Bergen, Askøy, Fjell, Sund, Øygarden, Os, Lindås, Osterøy, Radøy og Meland. Bygningsgruppen er oppteken av konsekvensane for Bygg og anleggsfag (BA) og Elektrofag (EL). Ein sluttar seg til det overordna målet om å styrke fagmiljøa, men for nokre utdanningsprogram er det naudsynt å leggje større vekt på nærleik og samarbeid mellom næringsliv og skolar. Med eit uttalt mål om å styrke og legge til rette for kompetansesenter finn ein det underleg at BA-tilbodet ved Årstad vgs vert fjerna. Årstad vgs har godt fagmiljø, kapasitet på verkstader og ligg sentralt til. Kvifor må ein bygge opp fagmiljøa på Slåtthaug vgs og Askøy vgs når ein har eit godt fagmiljø på Årstad vgs? Nedlegging av BA på Årstad vgs og Åsane vgs vil konkret resultere i at ingen sentrumsnære skolar vil ha tilbod om undervisning i rørleggarfaget som desse to skolane har hatt frå før Reform 94. (VG2 Klima, Energi og Miljø). Stor-Bergen har behov for nye lærlingar i rørleggarfaget kvart år. Samandrag av synspunkt på situasjonen for Elektrofaget ved andre skolar, vert presentert i saka i mars. 40. Elevorganisasjonen i Hordaland v/ Guro Sivertsen Prestegard Heile uttalen vert summert opp i saka i mars, men punktet nedafor er og relevant for Bergen sentrum: Elevorganisasjonen er kritisk til at so mange skolar er foreslått lagt ned/slått saman. Spesielt er dei kritiske til dei høva der allereie store skolar vart større, til dømes Årstad vgs og Knarvik vgs. Innføring av store skolar kan svekke elevdemokratiet og hindre at elevane får den tilpassa opplæringa som dei har krav på. Det er vanskeleg for den einskilde eleven å bli høyrt. Det vert og vist til 9-5 i opplæringslova der det står at det «til vanleg ikkje bør skipast grunnskoler med meir enn 450 elevar». Forskjellen på skoleanlegg for grunnskole og vidaregåande skole er ikkje så stor. 44. Elevrådet Bergen Handelsgymnasium (BHG) v/ Eirik Økland, elevrådsleiar 5

80 Elevrådet ved BHG reagerer sterkt på framlegget om å leggje ned skolen og ser på framlegget som uakseptabelt. BHG er populær, har mange søkjarar og fungerer godt både fagleg og sosialt. Nye skolar vil ikkje kunne erstatte tilbodet ved BHG. Å vidareføre BHG er naudsynt for at elevmassen i Bergen og Hordaland skal kunne ha eit godt og breitt utdanningstilbod. Interessa og engasjementet for å bevare drifta ved BHG er stort og det vert vist til at bystyret i Bergen med eit overveldande fleirtal gjekk inn for at BHG bør bevarast. I samarbeid med Bergen Katedralskole og Tanks vgs har BHG tilbod i mange språkfag som gjer det mogleg med prosjekt i internasjonalisering. Internasjonalisering, tverrfaglegheit og differensiering er tematikk for prosjekt på BHG som det vil vere vanskeleg å vidareføre ved flytting av drifta. Skolestorleiken skapar tryggleik for elevane. BHG har eit opent og inkluderande miljø og elevane har ein respekt for kvarandre, bygget og historia ved skolen som det er verdt å bevare. Skolen samlar elevar med gode karakterar frå alle bydelar i Bergen og dette er for mange viktigare enn bygg og utstyr for val av skole. BHG er ein skole kor «det er lov å vere flink» Elevrådet er oppteken av at det er viktig å behalde gode undervisningstilbod med bruk av meir tradisjonelle læringsmetodar som ein i dag har på BHG. Opne klasserom og stor bruk av teknologiske verkemidlar passar ikkje for alle. Elevrådet er kritisk til at skolebruksplanen legg meir vekt på økonomi enn kvaliteten og breidda i tilboda for vidaregåande utdanning i fylket. Den offentlege skolen skal gje tryggheit for at elevane ikkje skal frykte ein påtvinga radikal endring i skolekvardagen. 46. Elevrådet Fusa vidaregåande skule v/ Anne Ljones, elevrådsleiar Det bør vere tilbod om vaksenopplæring i distriktet. Lang køyretid til Bergen vil føre til at fleire ikkje vil eller får tid til å ta den utdanninga dei vil eller bør ha. Dette vil gi fleire ufaglærte i bedriftene og bryt med måla om lik rett til utdanning og at alle skal ha eit utdanningstilbod. Det er lettare for dei vaksne å koma inn i miljøet i ei mindre gruppe på ein litt mindre skole. Uttalen omhandlar i hovudsak tema som ein kjem tilbake til i mars, men punktet om vaksenopplæring er relevant her sidan Fusa vgs er ein del av Bergensregionen, der senteret er tenkt plassert i Bergen 47. Elevrådet Lønborg videregående skole v/ Roy Mattson, leiar Elevane på Lønborg vgs meiner at Lønborg vgs er ein god skole sidan talet på elevar ikkje er så høgt, og som då igjen gir ein større sjanse for at elevane ikkje vert oversett. Dersom U. Pihl vgs og Åsane vgs skal slå seg saman med Lønborg vgs vil det bli ein skole med estimert 836 elever (403 på Åsane vgs, 131 på Lønborg vgs og 332 på U. Pihl vgs). Elevane ved Lønborg vgs meiner at dette ikkje er eit spørsmål om optimal kvalitet på skolane, men eit spørsmål om kvantitet og ein enklare økonomisk tilstand for fylkeskommunen, med nesten ikkje nokon pedagogiske argument. 6

81 Vi meiner det hadde vore betre viss fylkeskommunen vurderte Lønborg vgs skulle saman med Amalie Skram vgs, ettersom Lønborg vgs blei lova plassen først. Lønborg vgs består av berre Helse og oppvekstfag som akkurat no står i eit halvveis øydelagt skolebygg når det gjeld lufta, og som ikkje vil bli fiksa på, sidan skolen skal stengjast uansett. Lønborg vgs treng Amalie Skram vgs meir enn det Bjørgvin vgs gjer. 59. Fagforbundet Hordaland v/ Roger H. Heimli, fylkesleiar Fagforbundet er einig i at omfanget av vaksenopplæring vil auke. Sjølv om ein etablerer tre opplæringssentra må praksisen med å tilby opplæring på skolar med ønskje og behov vidareførast. Fagforbundet meiner vedtaket om lokalisering av helsefagarbeidarlinja frå Lønborg vgs på Amalie Skram vgs var både rett og viktig. Signaleffekten med å plassere linja midt i Bergen sentrum bør vidareførast. Resten av uttalen vert summert opp i saka i mars. 61. FAU - Formgivingsfag Hordaland v/anita Bertheussen FAU les skolebruksplanen slik at det ikkje er forståing for skilnaden mellom "Design og handverk" og "Studiespesialiserande formgjeving". Intensjonen med å leggje formgjeving under Studiespesialiserande fag var at elevane skulle kunne velje programfag til val på lik line med elevane på ordinært løp. Elevar utan formgjeving skulle og kunne velje programfag frå formgjevingsfag. Ein stiller seg difor uforståande til framlegget om å leggje ned Studiespesialiserande formgjeving ved skolane i og rundt Bergen, for så å ta opp at/fortsette med faget ved Årstad vgs. FAU uttaler at situasjonen for formgjevingsfaget i Hordaland er dramatisk. Samandrag av synspunkt på situasjonen ved andre skolar vert presentert i saka i mars. 65. FAU - Design og handverk v/ Wenche Skonseng, Nestleder FAU DH Heile uttalen vert summert opp i saka i mars, men her er medteke nokre punkt som er relevante for Årstad. Fagleg arbeidsutval i Design og handverk (DH) stiller seg uforståande til framlegget om å legge ned dette studietilbodet på skolar rundt Bergen, for så å samle tilbodet til færre skolar i fylket. Samarbeid med ulike aktørar i lokalsamfunna står så sentralt i faget at det vil vere særs øydeleggande for miljøet i dei bydelane der DH vert borte. Ein klasse frå eller til på ein stor skole betyr lite, medan tilsvarande nedlegging i ein bydel er katastrofal. Det bør vere tilbod i praktisk/estetiske fag i alle bydelar. Store fagmiljø kan sjølvsagt vere ein rett tanke, men erfaring viser at det og går bra å drive undervisning på skolar med få klassar. Sentralisering av tilbodet vil ikkje hjelpe på søkjartala; dess mindre tilgang og vanskelegare reise dess mindre blir søkjartalet. 7

82 67. Løvås oppveksttun FAU v/ Sonja Tefre, leiar Uttalen omhandlar framtida for Fyllingsdalen vgs, som ein kjem tilbake til i saka i mars, men: FAU stiller seg i uttalen undrande til at MMD-tilbodet for elevar i heile Hordaland ikkje er tenkt som ein naturleg del av Amalie Skram vgs, som er under oppføring og som dessutan er lokalisert rett ved sentrale trafikknutepunkt som jernbanen og bystasjonen. 82. Kyrre skole (avdeling under Bjørgvin vgs) Kyrre skole er eit viktig tilskot for å nå HFK si hovudmålsetting om at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring. Det er godt grunnlag for vidare drift av skolen. Tala på søkjarar er høge og mange elevar fullfører høgare utdanning etter å ha gått på skolen. Det er god samfunnsøkonomi. Skolen har ikkje noko i mot å vere ei avdeling under Bergen Katedralskole. Sidan skolen i stor grad er sjølvdriven ser ein det likevel som meir rasjonelt og organisatorisk ryddig om skolen kunne ha vore ei sjølvstendig eining. Skolen er einig i vurderingane av dei bygningsmessige tilhøva. Skolen har behov for nye lokalar. Bygningen er for liten og har for dårleg standard til å fungere som eit skolebygg. Eit nytt skolebygg bør av omsyn til reisevegen til elevane ligge i Bergen sentrum. Skolebygget bør ha eigen inngang og differensierte undervisningsrom tilpassa måla i Kunnskapsløftet. Bygget bør ikkje vere for stort og elevtalet ikkje særleg større enn i dag. Av omsyn til elevar og tilsette ber ein om at det vert teke stilling til framtida for Kyrre skole under handsaminga av skolebruksplanen. 87. Fusa vidaregåande skule/fusa fagskule v/ Annbjørg Laupsa, rektor Vaksenopplæring bør gå føre seg der dei vaksne elevane bur og arbeidar. Elevane er i hovudsak kvinner med deltidsjobb og omsorgsoppgåver. Flytting av all vaksenopplæring til Bergen vil føre til at kvinner i distriktet ikkje vil kunne ta denne type utdanning. Uttalen omhandlar i hovudsak tema som ein kjem tilbake til i mars, men punktet om vaksenopplæring er relevant her sidan Fusa vgs er ein del av Bergensregionen, der senteret er tenkt plassert i Bergen 88. Fyllingsdalen videregående skole. Helse og oppvekstseksjonen v/ faglærar og 89. Fyllingsdalen videregående skole v/ Per Morten Nordbotn, rektor Uttalane omhandlar i hovudsak tema som ein kjem tilbake til i mars. Når det gjeld HO påpeikar begge uttalane at tilbodet i sentrum vert radert vekk om tilboda ved Bjørgvin vgs og Lønborg vgs vert flytta til Åsane vgs og Årstad vgs og ikkje til Amalie Skram vgs. Dette vil ikkje gjere HO-fag meir attraktive og vil gi private aktørar som Danielsen vgs gode tider utan konkurranse. 99. Hordaland Lektorlag v/ Hanne S. Rundhovde, fylkesleiar Følgjande punkt i uttalen er relevant for saka i desember: (resten vert summert opp i mars) 8

83 Lektorlaget støttar prinsippet om større fagmiljø konsentrert på færre skolar. Dette gir fleire val for elevane, moglegheit for meir fagleg samarbeid og utvikling for tilsette og meir effektiv ressursutnytting. Skolane vil då kunne tåle variasjonar i søkjartal og det vert mindre overtalige. Lektorlaget støttar forslaget om å legge ned Bjørgvin vgs og overføre det meste av verksemda til Amalie Skram vgs. Når det gjeld BHG ønskjer Lektorlaget primært å vidareføre skolen slik den er i dag. Overføring til Amalie Skram vgs kan vere ei akseptabel løysing, men då må medielina, på grunn av samarbeidet med andre fag og klassar og høg kvalitet, følgje med til Amalie Skram vgs slik den er i dag. For å lukkast med samanslåing av skolar, og oppretting av nye skolar, som Amalie Skram vgs, er det viktig at dei tilsette allereie tidleg i prosessen får vere med å utforme ein ny felles plattform, både fagleg og på andre måtar. Det må vere eit grunnleggande prinsipp at ingen skal bli oppsagd som følgje av skolebruksplanen. Det er viktig at fylkeskommunen sine omstillingsreglar vert følgd. Lektorlaget støttar målsettinga om å redusere omfanget av påbygg og å samle tilbodet på færre skolar Lektorlaget Bjørgvin videregående skole v/ Dag Chr. Halvorsen, skoletillitsvald Det lokale Lektorlaget stiller seg udelt positivt til at Bjørgvin vgs vert lagt ned frå august 2014 og at mesteparten av verksemda (Stusp og SS) vert flytta til Amalie Skram vgs. Kontorbygningen som Bjørgvin vgs er plassert i er mindre egna som skole. Færre parallellar på Stusp avgrensar talet på programfag og reduserer fagmiljøa, medan 10 parallellar gir store moglegheiter for fagleg utvikling og samarbeid og eit rikt og variert programfagtilbod til elevane. Synergieffekten mellom Stusp og SS for lærarar som underviser i merkantile og administrative fag er stor. Det er difor bra at begge studieretningane vert flytta. For å unngå personalkonfliktar ved samanslåing av skolar bør personala på skolane få moglegheit til å verte kjent med kvarandre både sosialt og fagleg Lektorlaget Bergen Handelsgymnasium (BHG) v/ Sissel Solberg-Johansen, atv Lokallaget ser at bygget er gammalt og treng oppussing, men tilbodet ved skolen har kvalitetar som det er vanskeleg å sjå føre seg nedlagt. Medlemmene har delte meiningar om skolen si framtid, men lokallaget er primært i mot nedlegging av BHG. Ei overføring til Amalie Skram vgs kan likevel vere akseptabelt under gitte føresetnader. Dersom BHG vert overført til Amalie Skam vgs, ønskjer personalet å få innverke og ta del i prosessen som skal vere med å forme det nye utdanningstilbodet. Prosessen fram til no 9

84 er opplevd som opprivande og utan rettigheiter for arbeidstakarane, som no ønskjer kontraktfesta rettigheiter. Ved ei eventuell overføring til Amalie Skram vgs ser lokallaget det som viktig at Media og kommunikasjon (MK), som er ein integrert og naturleg del av mangfaldet ved skolen, følgjer med i si noverande form. MK ved BHG gir studiekompetanse etter 3 år, med yrkesfag og påbyggingsfag jamt fordelt over alle tre åra. MK er populær, har stor søkning og gode resultat. Elevane på MK samarbeider med andre elevar om prosjekt og elevbedrifter, og er med på å skape eit godt fellesskap på skolen. Det samla fagtilbodet og kompetansen ved BHG er noko som lokallaget er stolte over og vil kjempe for at vert ført vidare Lektorlaget Olsvikåsen videregående skole Lektorlaget er kritisk til om flytting av Studiespesialiserande med formgjevingsfag frå Olsvikåsen vgs til Årstad vgs er med på å skape større fagmiljø, når Årstad vgs ikkje har studiespesialiserande. Olsvikåsen vgs har eit godt fagmiljø og gode verkstadslokale for faget. Lektorlaget ynskjer ikkje at innføringsklassen skal flyttast til sentrum. Dette bør framleis vere eit tilbod på Olsvikåsen vgs. Innføringsklasse utanfor sentrum vil styrke minoritetsspråklege sin lokale forankring og opne for større integrering. Det vil og vere synd å bygge ned den kompetansen som skolen gjennom åra har opparbeidd seg. Resten av uttalen vert summert opp i saka i mars Hordaland Raud ungdom Raud Ungdom er generelt mot nedlegging av skoletilbod i distrikta. Desse synspunkta kjem vi tilbake til i saka i mars. Når det gjelde skolestorleik er Raud ungdom særs skeptisk til så store skolar som skolebruksplanen i stor grad legg opp til. Svært mange elevar tener på små og oversiktlege miljø der kvar enkelt vert sett. Kravet om 4 parallellar på studiespesialisering og VG1 yrkesfag meiner Raud Ungdom er feil. Eit breitt tilbod på dei fleste skolar vil sikre elevane kortast mogleg reiseveg Knarvik vidaregåande skule (KNV) v/ Øyvind H. Oddekalv, rektor Flytting av senter for vaksenopplæring ved KNV til Bergen sentrum vil bety eit dårlegare opplæringstilbod for dei vaksne i regionen. Det er vel kjent at utdanningsnivået er lågare på bygda enn i byane, og det vil bli mykje vanskelegare å nå dei vaksne i Nordhordlandsregionen med råd, rettleiing og opplæringstiltak dersom dei må reise frå nordre delar av Nordhordland til Bergen, i staden for til Knarvik. Det vil og bli vanskelegare for skolen å setje i gong kompetansehevande kurs for lokalt næringsliv dersom vaksenopplæringssenteret ved KNV blir lagt ned Laksevåg videregående skole v/ Jens-Petter Storheim, rektor 10

85 Uttalen omhandlar i hovudsak tema som ein kjem tilbake til i mars. Når det gjeld TO vert det presisert at det er viktig med ei rask utbygging av tilbod grunna auke i talet på søkjarar. På grunn av multihandikappa sine omfattande behov for fysisk tilrettelegging, må utbygginga primært skje ved nybygg, noko som tilseier at Amalie Skram vgs bør ha ein stor TOavdeling Langhaugen videregående skole v/ Marit Tokheim, rektor Uttaler m.a. at det er viktig for fylkeskommunen å ha relativt mange skolar med Studiespesialiserande utdanningsprogram i Bergen. Få og store fagmiljø vil redusere mangfaldet og valmoglegheitene for elevane og privatskoletilboda vil kunne auke. Punktet over er relevant for handsaminga av strukturen i Bergen sentrum, men resten av skolen sin uttale vert handsama i saka i mars Lønborg videregående skole v/ Helene Systad, rektor Fylkestinget 29. mars 2007: «Fylkestinget godkjenner at Lønborg vgs og Tanks vgs vert flytta til det nye skoleanlegget i Bergen sentrum (Nygårdstangen) frå det tidspunktet nybygget står ferdig». Vi ynskjer at Fylkestinget står fast ved opphavlege vedtak om at Lønborg vgs vert ein del av Amalie Skram vgs. Lønborg vgs har vore med i prosessen mot Amalie Skram vgs frå første dag. Dei tilsette har gjennom dette arbeidet fått ei sterk tilknyting til den nye skolen og representantar frå dei tilsette har vore med i diverse utval undervegs. Amalie Skram vgs er teikna og lagt til rette for helse- og oppvekstfag, og bygget legg til rette for å skape eit nasjonalt fyrtårn innan helse- og oppvekstfaga gjennom samarbeid med dei andre tiltenkte fagtilboda på Amalie Skram vgs. Vi trur at helse- og oppvekstfag saman med vaksenopplæringa vil vere med å skape eit kreativt og positivt mangfald på Amalie Skram vgs. Fysisk nærleik til aktuelle samarbeidsaktørar i utdanningssektoren på høgskole- og universitetsnivå samt nærleik til samarbeidsaktørar i Bergen kommune vil gi optimale utviklingshøve til eit fagområdet som vil vere avgjerande for helse-, velferd og oppvekstvilkåra til innbyggjarane i Hordaland fylkeskommune i framtida Musikernes fellesorganisasjon Hordaland v/ Tore Johannessen Uttalen er kritisk til ein kreativ skole i Fyllingsdalen. Eitt argument som er relevant for sentrum er at det vert hevda at mange elevar vil velje ein privat aktør i Bergen sentrum (BPG) dersom musikklina blir flytta frå Langhaugen vgs til Fyllingsdalen vgs. Skulle ein anbefale ei flytting av Musikk og dans frå Langhaugen, burde det i så fall vere til Bergen sentrum. Dei andre argumenta i uttalen vert summert opp i saka i mars Norsk Sykepleierforbund Lønborg videregående skole v/ Inger Høy Lønning, plasstillitsvald 11

86 I utkast til skolebruksplan er det foreslått at Helse- og oppvekstfag/helse- og oppvekstfag ved Lønborg vgs ikkje skal flyttast til Amalie Skram vgs slik det opphaveleg var planlagt. Vi som underviser i disse faga ved Lønborg vgs er bekymra for kva følgje dette vil ha for framtidig rekruttering til helsefagarbeidarfaget. Det har i mange år vore eit stort problem å få nok ungdom til å søkje helsefagarbeidarutdanninga. Vi trur at ein av årsakene er låg status. Fritt skoleval har ført til at mange skoleflinke elevar søkjer seg til sentrumsskolane (høg status). Å tilby helsefag på den nye skolen i sentrum vil være eit sterkt signal på at dette er eit viktig fag som Hordaland fylkeskommune vil satse på. Vi oppfomar til å satse på dette viktige faget. Bruk denne unike mogelegheita til å høgne status og auke rekruttering Olsvikåsen videregående skole v/ Inger Lise Thorstensen, rektor Skolen tek til etterretning at innføringsklassen vert lagt ned og at næraste tilbod vert i sentrum. Skolen meiner likevel at minoritetsspråklege elevar som bur i bydelen vert betre integrert når dei har eit tilbod nær der dei bur. Skolen har kompetanse og areal til å behalde klassen fram til endringane trer i kraft på dei andre programområda. Resten av uttalen omhandlar tema som ein kjem tilbake til i mars Opplæringskontoret Nordhordland v/ Lilian Vabø Mongstad, dagleg leiar Opplæringskontoret Nordhordland stiller spørsmål ved formålet med å leggja vaksenopplæringssenteret til Bergen, så lenge all statistikk viser at det er i distrikta det er lågast utdanningsnivå i befolkninga. Det er økonomisk og praktisk meir krevjande for innbyggjarar i distrikta å ta utdanning, nettopp på grunn av store geografiske avstandar. Dersom målet er å heve utdanningsnivået, bør vaksenopplæringssentra byggjast opp utanfor Bergen. Avstanden frå Knarvik til Bergen er mindre enn frå ytre delar av Nordhordland til Knarvik. Resten av uttalen vert summert opp i hovudsaka i mars Radøy kommune v/ Leif Taule, ass. Rådmann Vaksenopplæringssenteret ved Knarvik vgs er viktig for Nordhordland. Det vil bli mykje vanskelegare å nå dei vaksne i regionen når alt tilbodet vert lagt til Bergen. Senteret er også viktig for å få sett i gong ulike kompetansehevande kurs for lokalt næringsliv. Resten av uttalen vert summert opp i hovudsaka i mars Regionrådet Nordhordland v/ Jon Askeland, leiar Regionrådet Nordhordland og Rune Heradstveit, dagleg leiar Nordhordland Utviklingsselskap IKS Regionrådet Nordhordland krev at Senter for Vaksenopplæring vert verande på Knarvik vgs og går sterkt imot at tilbodet vert flytta til Bergen. Resten av uttalen vert summert opp i hovudsaka i mars. 12

87 167. Skolenes Landsforbund (SL), forening Hordaland vg skole SL uttaler m.a. at det i ein prosess med samanslåing av vaksenopplæringa er viktig at ein tek vare på den kompetansen som er bygd opp gjennom fleire år og at ein legg opp til ei lokalisering som er høveleg plassert med tanke på tilkomst. Det er ein fordel for eit vaksenopplæringssenter å ha samdrift og samlokalisering med ein vanleg vidaregåande skole som har eit ressursgrunnlag tilsvarande minst 50 undervisningsstillingar. Resten av uttalen vert summert opp i hovudsaka i mars Skolenes Landsforbund, avd. Bjørgvin videregående skole v/ Sigrid Alvestad SL v/bjørgvin vgs meiner at helseservice- og helsesekretærutdanninga samt hudpleiarutdanninga som no held til ved Bjørgvin vgs, bør flyttast til Amalie Skram vgs. Dette er dei einaste tilboda på desse faga i Hordaland. For å auke rekrutteringa og statusen på helsefaga vil lokalisering i eit nytt, markant bygg vere eit viktig signal. Satsing på typiske jentefag vil passe på Amalie Skram vgs. Sentral plassering ved transporttilbod (for elevane) og ved Bergen storsenter (for å trekke kundar til klinikkane) vil vere svært gunstig. Krava til store areal og spesialutrusta rom (m.a. laboratorium og moderne, lyse og tiltrekkande klinikkar) vil vere enklast å oppfylle i eit nytt bygg. Ei heilskapleg og moderne utdanning for hudpleiefaget tilseier at ein tek inn helse, ernæring, trening og kroppspleie i utdanninga. Symjebassenget ved Amalie Skram vgs vil vere eit flott tilbod i samband med SPA-behandling. Lærarar med kompetanse på bedriftslære, entreprenørskap og økonomi, som ein vil ha på Amalie Skram vgs, er viktig for at hudpleieelevane skal kunne starte småbedrifter etter gjennomført utdanning Tanks videregående skole v/ Marit Vibeke Berntzen, rektor Tanks vgs tek til etterretning at den opphavlege planen om at Lønborg vgs skulle flytte inn i nybygget på Nygårdstangen saman med Tanks vgs ikkje lenger er aktuell. Skolen stiller seg positiv til at både Bjørgvin vgs og BHG er med i dei nye alternativa. Skolen ser fram til eit godt samarbeid med dei aktuelle skolane. Dei tillitsvalde ved skolen har ingen kommentarar til innhaldet i uttalen Tertnes videregående skole v/ Stig Stordal, rektor Uttalen har mykje innhald som ein kjem tilbake til saka i mars. Her er berre synspunkta på toppidrett tatt med sidan dette er relevant i høve til Amalie Skram vgs: Tertnes vgs ønskjer å halde fram med tilbod om studiespesialisering med toppidrett. Toppidrett symjing vert flytta til Amalie Skram vgs. Skolen har godt egna idrettsanlegg som ligg nær skolen. 13

88 Som ein framtidig stor skole innan studiespesialisering, er det ønskjeleg med eit breitt og mangfaldig undervisningstilbod innan studiespesialisering. Eit tilbod med studiespesialisering med toppidrett er verdifull for skolen og skolemiljøet. Det gir og god ressursutnytting (personale/økonomi) for skolen. Det vil vere kapasitet for studiespesialisering med toppidrett innafor det skolen er foreslått dimensjonert til (8 parallellar) Ungdommens bystyre (Bergen) v/ Lisa Landsverk Engervik, rådgivar Ungdommens bystyre (UB) meiner at avgjersler om skolestruktur bør gjerast på eit pedagogisk grunnlag. UB ser dei økonomiske ulempene ved dagens struktur, men vil og peike på at strukturen har fleire fordelar for elevane. Å prioritere økonomi framfor det beste for elevane viser ein manglande interesse for «dagens unge». Uttaler om konkrete strukturframlegg i Bergen sentrum: UB er i mot at Bergen Handelsgymnasium (BHG) skal leggjast ned og fagmiljø overførast til Amalie Skram vgs. Dette er grunna i at skolen har eit godt miljø, har den sosiale tryggleiken som ein liten skole har og har faglege læringsmetodar som elevane likar. På grunn av auke i elevtal vil det vere behov for fleire Studiespesialiserande skolar i Bergen sentrum vidare fram mot UB er klar over at det vil koste å behalde skolen, men meiner at elevane er verdt det. Konkurranse mellom naboskolar gjer at nivået på skolen og læringa heile tida må hevast. Skolar som ligg nær kvarandre kan og samarbeide om eit breiare fagtilbod. UB meiner at den nye vidaregåande skolen på Nygårdstangen skal heite Tanks vgs og ikkje Amalie Skram vgs. Uttaler om andre delar av kommunen vert summert opp i saka i mars Utdanningsforbundet Bergen Handelgymnasium (BHG) v/ Per Christian Strøm Utdanningsforbundet ved BHG er positiv til overføring av verksemda ved BHG til Amalie Skram vgs, på følgjande vilkår: o o o Alle tilsette ved BHG følgjer med til Amalie Skram vgs (forpliktande avtale) Medier og kommunikasjon (MK) frå BHG følgjer med til Amalie Skram vgs. MKtilbodet ved BHG er laga spesielt for å rette opp svakheitene ved det normale MKløpet, og er best i fylket. Programmet er samkjørt med det Studiespesialiserande programmet. Opplegget til BHG tek omsyn til at tilsette i mediefaget må kunne fleire framandspråk enn engelsk og at ein finn igjen elevane på MK i mange ulike yrke, på same måte som Studiespesialiserande program som Idrett, og Musikk, dans og drama. Verdien av eit kreativt tilbod i synergi med Stusp og SS er større enn verdien av mindre konkurranse mellom naboskolar (Årstad vgs og Amalie Skram vgs). Mangfald er og robust. Omstillinga må gå føre seg i tråd med kapittel 9; med naudsynte ressursar og start av prosess straks planen er vedteken. Personalet ønskjer å bidra, men ventar at Personal- og opplæringsavdelinga initierer og legg til rette for dette arbeidet, både før, under og etter samanslåinga. 14

89 Eit mindretal i klubben ønskjer at bygningsmassen i Kalfaret vert rehabilitert og at BHG vert vidareført for meir enn 300 elevar med tilbod innan Stusp, MK og SS. Det vert m.a. vist til skolen sin lange tradisjon, attraktive studietilbod og gode resultat. Klubben er sterkt i mot å legge ned tilbod i distrikta som svekker nærleiken mellom lærestader og næringar Utdanningsforbundet Hordaland v/ John G. Torsvik, utdanningsforbundet Hordaland og Turid Strømmen, leiar medlemsråd VGO Uttale som vedkjem skolane i Bergen sentrum som skal handsamast i denne saka: Dei tillitsvalde ved skolane i sentrum ser svært positivt på moglegheitene for å flytte i moderne og eigna lokale. I sentrum er det i ein annan grad enn i distrikta mogleg å skape stor og robuste fagmiljø. Det er viktig at det fagtilbodet som skolane representerer, blir bevart i regionen. Dei tillitsvalde meiner det er større fagleg samsvar mellom faga på Studiespesialiserande og Service og samferdsel enn mellom Studiespesialiserande og Helse og oppvekst. Det første alternativet vil sikre eit breiare miljø innan økonomiske fag. BHG ønskjer at MK-tilbodet bør følgje med resten av skolen til Amalie Skram vgs fordi tilbodet ikkje er kompatibelt med den tradisjonelle mediefagmodellen som er på Årstad vgs. Region Nord meiner at Amalie Skram vgs bør ha breidde i tilbodet og tilby fleire utdanningsprogram slik at skolen ikkje konkurrerer med tilbodet i Arna. Helse- og oppvekstsektoren har særs stort behov for arbeidskraft. Desse faga må handsamast særskilt for å sikra både naudsynt rekruttering og statusheving av fagfeltet. I 2007 vart det vedteke at helsefagarbeidarutdanninga ved Lønborg vgs skulle lokaliserast i Amalie Skram vgs, som skulle bli eit "helsefagleg fyrtårn". Sjølv om dette kunne tenkjast å auka rekrutteringa til faget meiner Utdanningsforbundet at det likevel er viktig at ein ikkje sentraliserer fagtilbodet for mykje, slik at ein mister elevgrunnlaget på skolar i bydelane og distrikta. Etablerte relasjonar til offentlege tenestetilbod og næringsliv som desse skolane har bygd opp over tid, må ein ta vare på. Framlegget om å flytta ST-FO frå region vest til Årstad vgs er uheldig. Tilbodet må ligge på skolar med studiespesialisering. Utdanningsforbundet legg m.a. til grunn følgjande prinsipp for skolebruksplanen, som og er understreka i sentrum: Ingen tilsette i fylkeskommunen skal miste jobben som direkte konsekvens av strukturendringane Ein må følgje fylkeskommunen sine omstillingsreglar. Utdanningsforbundet sine synspunkt på skolane på Voss står i del B i vedlegget. Resten av den omfattande uttalen til Utdanningsforbudet kjem vi tilbake til i saka i mars. 15

90 208. Klubben Knarvik vidaregåande skule v/ Jo Magnar Drønen, atv Det bør vere VO-tilbod i utkanten. Det vert for langt for folk å reise heilt inn til Bergen. Fleire vil la være å ta vaksenopplæring i distrikta Utdanningsforbundet Lønborg videregående skole v/ Linda Vågenes, atv Vi ønskjer at Fylkestingsvedtaket frå 2007 der det blei vedtatt at Lønborg vgs vert flytta til Amalie Skram vgs, vert vidareført. For å auke rekrutteringa av framtidig arbeidskraft i helsevesenet, planla fylkespolitikarane (i Fylkestingsvedtaket frå 2007) at helsefagarbeidarutdanninga ved Lønborg vgs skulle verte plassert i Amalie Skram vgs Skolen skulle bli eit helsefagleg fyrtårn. Å prioritere helsefagarbeidarutdanninga i den nye skolen vil, slik vi ser det, være eit sterkt signal til unge menneskjer at å velje helsefagutdanning er både viktig og verdifullt og plasseringa av utdanningstilbodet på ein ny skole i sentrum vil utvilsamt auke rekrutteringa til denne utdanninga heilt i tråd med politikaranes lovnader. Dersom forslaget om ein rein Studiespesialiserande skole går gjennom, viser det tydeleg kva fag politikarane gjev status og verdi, og kva fag dei vil satse på sjølv om skolebruksplanen erkjenner at helsefagutdanninga er det som det burde satsast på. Det bør være plass til Lønborg vgs på Amalie Skram vgs Årstad videregående skole v/ Inger Morken, rektor Årstad vgs støtter skolebruksplanen sin tanke om å sørgje for sterke, robuste fagmiljø på skolane. Skolen har få kommentarar til planen, som vidarefører Årstad vgs si rolle som ein tung og viktig aktør i yrkesopplæringa i Hordaland, men har likevel nokre kommentarar til dei enkelte programområda: Det vil vere eit tap for skolen å miste bygg- og anleggsfag (BA). Avdelinga har brei og godt fungerande fagkompetanse, og har og eit godt samarbeid med skolen si avdeling for tilrettelagt opplæring (TO). Denne avdelinga vert og skadelidande om BA vert flytta. BA har hatt fall i søkjartala dei siste åra, men dette har vore ein nasjonal trend. Det er viktig med sterke fagmiljø og Årstad vgs har allereie dette. Det ideelle hadde vore å gjort BA på Årstad vgs større. Årstad vgs si plassering i sentrum og nær Bybanen er eit fortrinn. Det vert lang veg for elevar frå motsett side av sentrum om BA-tilbodet vert flytta til ein av skolane i utkanten av sentrum eller omkring. Skolen er glad for at tilbodet på Restaurant og matfag (RM) vert vidareført, men det kunne og gjerne ha vore styrka. RM er viktig som eit godt fagmiljø og som miljøskapande element. Vidareføring av RM passar og godt til framlegget om å vidareføre satsinga på helse- og oppvektsfag (HO) på Årstad vgs. Ein ser for seg å utvikle samarbeidet mellom RM, HO og TO. Kapasiteten på teknologifag og elektro kan gjerne aukast. 16

91 Skolen har i dag 150 vaksne på ulike kurs innafor yrkesfaga. Dette er ei stor føremon for miljøet på skolen, og det vil vere eit tap for skolen om VO-senteret forsvinn. Ved å lokalisere VO til ein skole får ein utnytta lærarkreftene på best mogleg måte. Nærleik til kompetansemiljø og verkstader for konkretisering av faga, er argument for å behalde VOsenteret på Årstad vgs. Det faglege og administrative samarbeidet med tilbodet til lærlingar med full opplæring i bedrift, som det er framlegg om å auke, er eit anna argument Medier og kommunikasjon (MK) ved Bergen Handelsgymnasium (BHG) v/ Lill V. Simonsen MK på BHG er eit spesielt godt MK-tilbod som ikkje kan innlemmast i det eksisterande MK-opplegget på nokon annan skole i Hordaland. Å flytte tilbodet til ein annan skole er det same som å legge det ned. Det kan ikkje vere rett å legge ned det beste og mest søkte MK-tilbodet i fylket. Høyringsutkastet synest å oversjå vesentlege faktorar som vedkjem BHG, t.d.: Trivsel og tryggheit for elevane, søking til skolen, stabilitet, verdien i eit eldre skolebygg og kvaliteten på ein liten skole vs. storskole. I uttalen vert det m.a. peika på samarbeidsproblem og mistrivnad på store og samanslåtte skolar. MK tilbodet ved BHG er samkjørt med det Studiespesialiserande programmet. Prosjekt til fordjuping er erstatta med fag frå VG3 og 2. framandspråk. Mediefaga er fordelt likt på dei 3 åra og MK- elevane kan dermed følgje det Studiespesialiserande opplegget både i norsk, matematikk og framandspråk. Dette er ei betre ordning pedagogisk sett og kan og vere ressursbesparande. Slik situasjonen er bør MK-tilbodet overførast til Amalie Skram vgs. Om utstyret frå BHG vert flytta dit, vert ikkje investeringane så store. Som ein framtidsretta skole bør Amalie Skram vgs ha eit samfunnsfag, ikkje berre MK, men og som fag i det Studiespesialiserande programmet. Skolen bør og ha eigen tv-kanal. Hjertesukk: Amalie Skram vgs gjev dårlege assosiasjonar. Kvifor ikkje kalle skolen Bergen vgs eller BHG, med Kalfarbygget som filial. Bygget i Kalfarveien er eit av Bergens vakraste bygg. Fordi BHG mister leide eksterne lokale kan det vere hensiktsmessig å flytte brorparten av drifta ved skolen til Amalie Skram vgs. Framlegg til framtidig bruk av skolebygget til BHG kan vere: 1) ein fireparallell vidaregåande Studiespesialiserande kvalitetskole, eller 2) starte opp igjen postgymnasial utdanning innan økonomiske/merkantile fag opphavleg studentfagkurs og sekretærskole - som vart lagt ned med skolereforma i Mediefaget ved Bergen Handelsgymnasium (BHG) v/ Kari Birkeland, Jo Bjørnar Hausnes, Lill Vibe Simonsen, Tove Slettebakken og Sissel Solberg-Johansen Mediefaget ved BHG har hatt særs gode resultat til tross for avgrensa økonomiske og tekniske ressursar. Skolen sine få klassar har markert seg nasjonalt og internasjonalt (CV for medielina er vedlagt uttalen). 17

92 Viktige institusjonar i sentrum vender seg ofte til skolen med spørsmål om samarbeid og produktutvikling. Skolen sit no i startgropa for eit stort Comenius medieprosjekt. Medielærarar ved BHG produserer mykje materiale til Landskonferanse for medielærarar. Medielærarane ber om at mediefaget ved BHG vert flytta til Amalie Skram vgs for å vidareføre det gode tilbodet og for ikkje å risikere at privatskolane tek over tilbodet. Dette vil og vere eit fortrinn i marknadsføring av den nye skolen. 18

93 B. Uttaler vedkomande Voss Gymnas og skolestrukturen på Voss 40. Elevorganisasjonen i Hordaland v/ Guro Sivertsen Prestegaard Elevorganisasjonen i Hordaland stiller seg kritisk til at liner og skolar i distrikta vert lagt ned. Dette grunna at det innverkar på fritt skoleval, gratisprinsippet (høge leigeprisar i bustadmarknaden) og elevane si helse (elevar som bur på hybel har større tendensar til rusproblem, dårleg helse og mindre fysisk aktivitet). Uttalen er generell og eit større samandrag vil bli tatt med i saka i mars. 97-a. Hjeltnes vidaregåande skule v/gunnbjørg Øyre, rektor Synspunkt vedkomande framtida for eigen skole og skoletilbodet i Hardanger vert summert opp i saka i mars. Når det gjeld strukturen på Voss støttar skolen det opphavlege vedtaket frå 2007 om samlokalisering i to nye skolar og fordeling av programfaga mellom dei og utbygging parallelt. Høyringsframlegget vil gi eit mykje dårlegare tilbod til dei yrkesfaglege utdanningsprogramma i lang tid framover Kvam Næringsråd v/ Torleiv Ljones, dagleg leiar Næringsrådet sin uttale vedkomande Hardanger vert summert opp i saka i mars. Når det gjeld Voss uttaler rådet at det er viktig at Voss vert behandla samtidig med resten av skolebruksplanen. Kommentar: Ved å vente med å gjere vedtak om dimensjonering av yrkesfagtilboda på Voss til saka i mars, skulle denne innvendinga vere tatt i vare. 134-a. Musikernes fellesorganisasjon v/ Tore Johannessen Uttale vedkomande Voss: Voss er og har lenge vore eit kulturelt sentrum både i Hordaland og nasjonalt. Bygda har klart å forene tradisjon og nyskaping på mange kulturelle felt, ikkje minst musikk. Musikklina har eit unikt samarbeid med Ole Bull-akademiet, Vossa Jazz og det lokale musikkmiljøet generelt. Ved å legge ned musikklina vil ein kaste vrak på livskraftige tradisjonar både innanfor og utanfor den vidaregåande opplæringa i regionen. Tilbod i Bergen eller på Stord vil ikkje være eit reelt tilbod til elevane frå Voss og omkringliggande områder. Talet plasser totalt vil og verte vesentleg redusert. MFO er bekymra for at nedlegging kan føre til mange overtalige i ein gruppe tilsette som er svært vanskeleg å omplassere. Dersom dei overtalige skal verte omplassert til Stord eller Bergen vil dei fortrenge tilsette som allereie arbeidar på desse stadane. MFO vil be om at musikklina vert vidareført Norheimsund vidaregåande skule v/vidar Ask, rektor 19

94 Skolen sine synspunkt vedkomande skolestrukturen i Hardanger vert summert opp til saka i mars. Når det gjeld planlegging av storleik og tilbod på Voss uttaler skolen at dette vil ha innverknad på tilbodsstrukturen i Hardanger, og ber difor om at heile tilbodsstrukturen for Voss/Hardanger vert handsama samtidig som det totale tilbodet på vidaregåande opplæring i Hordaland. Kommentar: Ved å vente med å gjere vedtak om dimensjonering av yrkesfagtilboda på Voss til saka i mars, skulle denne innvendinga vere tatt i vare. 189-a. Ullensvang Herad v/ Solfrid Borge, ordfører og Sveinung Dukstad, kst. rådmann Uttale vedkomande skolestruktur i Ulvik og Odda er summert opp i saka i mars. Vedkomande skolestrukturen på Voss har heradet følgjande uttale: Det er avgjerande at utbygginga av dei vidaregåande skolane på Voss kjem i gang i høve til den tidsplanen som er vedteken. Fylkestingsvedtaket frå 2007 og vedtaket i fylkesutvalet frå 2010 må vidareførast. Utsetting av samlokalisering er i motstrid med det som gjeld samlokalisering i skolestrukturplanen. Musikklina er av overordna betyding for heile fylket og må ikkje leggast ned 204. Utdanningsforbundet Fyllingsdalen videregående skole v/ Jon Opedal Hove, atv Utdanningsforbundet brukar ulempene for ungdommar frå Hardanger og Voss, som til no har hatt musikktilbod på Voss, som eit av fleire argument mot eit samla MDD-tilbod ved skolen. Sjølve uttalen vert summert opp i saka i mars. 206-a. Utdanningsforbundet Hordaland v/ John G. Torsvik, utdanningsforbundet Hordaland og Turid Strømmen, leiar medlemsråd VGO Utdanningsforbudet har levert ein omfattande uttale. Forbundet uttaler dette om skolestrukturen på Voss: Utdanningsforbundet er sterkt kritiske til dei nye planane på Voss. Utbyggingsvedtaka gjort av politikarane i 2007 og 2010 må stå ved lag! Utbygginga av dei to vidaregåande skolane på Skulehaugen og i Skulestadmoen må ta til snarast og ferdigstillast seinast hausten 2016 Vossaregionen må ha alle utdanningsprogram. Musikklina må halda fram! Reisevegen for elevane vert lang til Bergen og det friviljuge musikklivet i regionen vil lida om tilbodet forsvinn. Faglege og pedagogiske argument tilseier at EL må lokaliserast saman med dei andre tekniske yrkesfaga TIP og BA på Nye Voss vgs. Det er viktig at faga vert samlokalisert på ein skolestad for å unngå faren for å svekke fagtilboda. 20

95 Utdjupande punkt jf. kriterielista: Regionsenter: I skolebruksplanen generelt står det at regionane skal ha tilbod innan alle utdanningsprogram. Ved å behalde musikklina har skolestaden Voss alle utdanningsprogram. Utsetting av bygging på Skulestadmoen er m.a. grunna i nedgang i elevtal. Det er usikkert om nedgangen i elevtalet kjem. Utdanningsforbundet Hordaland er sterkt bekymra dersom utbygginga vert forsinka. Ei utbygging må realiserast i nær framtid elles kan regionen bli tappa for fagfolk innan kultur og næringsliv. Samlokalisering: Skolar som vert slått saman må verte samlokalisert. Elektrofag som no er i Granvin, er føreslått flytta til Nye Voss gymnas. Denne linja høyrer naturleg saman med dei andre tekniske yrkesfaga TIP og BA. Det er viktig at gode fagmiljø i Vossaregionen ikkje smuldrar opp. Det er dessutan lite truleg at EL, TIP og BA på Voss vil rekruttere elevar frå Odda og Norheimsund då reisevegen er for lang. Bygningane på Skulestadmoen er ikkje tidsmessige. Det er avgjerande at planane for nybygg vert realisert. Tap av utdanningsprogram Musikk, dans og drama: Sidan dette tilbodet har vore det einaste av sitt slag i indre region har lina rekruttert elevar frå eit stort omland. Lina har og hatt store positive ringverknader for det friviljuge musikklivet både på Voss og i nabokommunane. Musikklivet i HFK må ha fleire tyngdepunkt enn Bergen og Stord. Fråfall: Viktig at regionane har breiddetilbod i utdanningsprogram for å sikre alle ungdommane reelle val. Dette er og eit viktig tiltak for å hindre fråfall i vidaregåande skole. 206-b. Utdanningsforbundet Hordaland v/ Mildrid Kronborg Økland, leiar utval for vidaregåande Utdanningsforbundet er sterkt kritisk til den manglande prosessen og framlegget til fylkesrådmannen. Utdanningsforbundet ber fylkesutvalet om å avvise høyringsforslaget og slå fast at tidlegare vedtekne planar for ny skolestruktur på Voss står ved lag. Utdanningsforbundet i Hordaland understreker at det er nokre grunnleggande prinsipp som vi meiner er ufråvikelege: Ingen tilsette i fylkeskommunen skal miste jobben som ein direkte konsekvens av strukturendringane, og ein må følgje fylkeskommunen sine omstillingsreglar. Det skal vere tilbod om alle utdanningsprogram i alle regionar og ein skal ha gode tilbod også i distrikta. Distrikta må ha eit breiddetilbod når det gjeld utdanningsprogram for å hindre ei innskrenking av moglegheitene for desse ungdommane eller ei uønskt hybeltilvære. Eit viktig prinsipp i arbeidet med skolebruksplanen er at skolar ikkje skal slåast saman utan ved ei samlokalisering. Dette er eit ufråvikeleg prinsipp for Utdanningsforbundet. 21

96 220. Vaksdal kommune v/ Trine P. Grønbech, rådmann For ungdom frå Vaksdal kommune har Voss historisk sett vore skolestad nummer ein, sjølv om fleire i dag vender seg mot dei vidaregåande skoletilboda i Bergen. Det er avgjerande at utbygginga av dei vidaregåande skolane på Voss kjem i gang i høve til den tidsplanen som er vedteken. Fylkestingsvedtaket frå 2007 og fylkesutvalvedtaket frå 2010 må vidareførast. Musikklina er av overordna betyding for heile fylket og må ikkje leggjast ned Utdanningsforbundet Voss v/ Kåre Grevle, lokallagsleiar. Anne Karin Dugstad, Anne Britt Vethe, Ragnar Karevoll, Arnstein Haugum, Leif Johan Mandelid, tillitsvalde ved dei vidaregåande skolane på Voss Utdanningsforbundet Voss presiserer følgjande punkt j.f. kritelista: Regionsenter: I skolebruksplanen generelt står det at regionane skal ha tilbod innan alle utdanningsprogram. Ved å behalde musikklina har skolestaden Voss alle utdanningsprogram. Utsetting av bygging på Skulestadmoen er m.a. grunna i nedgang i elevtal. Det er usikkert om nedgangen i elevtalet kjem. Utdanningsforbundet Voss er sterkt bekymra dersom utbygginga vert forsinka. Ei utbygging må realiserast i nær framtid elles kan regionen bli tappa for fagfolk innan kultur og næringsliv. Samlokalisering: Skolar som vert slått saman må verte samlokalisert. Elektrofag som no er i Granvin, er føreslått flytta til Nye Voss gymnas. Denne linja høyrer naturleg saman med dei andre tekniske yrkesfaga TIP og BA. Det er viktig at gode fagmiljø i Vossaregionen ikkje smuldrar opp. Bygningane på Skulestadmoen er ikkje tidsmessige. Det er avgjerande at planane for nybygg vert realisert. Tap av utdanningsprogram Musikk, dans og drama: Sidan dette tilbodet har vore det einaste av sitt slag i indre region har lina rekruttert elevar frå eit stort omland. Lina har og hatt store positive ringverknader for det friviljuge musikklivet både på Voss og i nabokommunane. Musikklivet i HFK må ha fleire tyngdepunkt enn Bergen og Stord. Fråfall: Viktig at regionane har breiddetilbod i utdanningsprogram for å sikre alle ungdommane reelle val. Dette er og eit viktig tiltak for å hindre fråfall i vidaregåande skole. Konklusjon: Utbyggingsvedtaka gjort av politikarane i 2007 og 2010 må stå ved lag! Utbygginga av dei to vidaregåande skolane på Skulehaugen og i Skulestadmoen må ta til snarast og ferdigstillast seinast hausten 2016 Vossaregionen må ha alle utdanningsprogram 22

97 Musikklina må halda fram! 234. Utdanningsforbundet avd. Granvin v/ Runde Magnar Røthe Reisetida mellom Granvin og Voss er kortare og tryggare enn før. Mange elevar kan bu heime medan dei går på vidaregåande skole. Utbyggingsvedtaka gjort i 2007, 2010 og 2011 må stå fast! Utbygginga av Voss gymnas og Voss jordbruksskule må starte snarast og ferdigstillast til skolestart Musikklina må halde fram for å sikre at regionen kan tilby alle utdanningsprogram. 235-a. Hardangerrådet v/leiv Vambheim Indre deler av Hardanger har utfordringar i høve til folketalsutvikling. Voss er regionsenter for fleire av kommunane og det er viktig at det finst eit breitt spekter av offentlege og private tilbod der. Ein viktig del av regionfunksjonen er knytt til Voss som skolestad. Fylkestingsvedtaket frå 2007 og vedtak i Fylkesutvalet i 2010 om parallell utbygging av to skolar bør liggja fast for det vidare arbeidet med utbygginga av den vidaregåande skolestrukturen på Voss. Utsetting av bygging på Skulestadmo er å oppfatte som ei nedbygging av dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Hardangerrådet er uroa for framlegget om å leggja ned musikklina ved Voss gymnas. Musikklina har i alle år vore ein grunnstein i det lokale kulturlivet, men i dag har lina ein funksjon også utover dette. På den eine sida er lina med på å sikra breidda i musikklivet, mellom anna som ein rekrutteringsbase for heile kulturlivet. Ein tradisjonsberar for heile Hordaland. Ein reduksjon av programområde i den vidaregåande skolen på Voss vil svekke Voss som regionsenter og forsterka den skeive utviklinga mellom indre og ytre Hordaland. Konklusjon: Det er avgjerande at utbygginga av dei vidaregåande skolane på Voss kjem i gang i høve til den tidsplanen som er vedteken. (I nyare uttale er følgjande framdrift presisert: Nye Voss gymnas må ferdigstillast i og Nye Voss vgs må ferdigstillast i ). Fylkestingsvedtaket frå 2007 og vedtaket i fylkesutvalet frå 2010 må vidareførast. Musikklina er av overordna følgje for heile fylket og må ikkje leggast ned. Punkta i uttalen som berre vedkjem saka i mars, t.d. framtida for Hjeltnes vgs, er utelatne her. Dei kjem ein tilbake til Voss Jordbruksskule v/ Svein Inge Styve Voss jordbruksskule vil på det sterkaste protestera mot det nye framlegget til ny skolestruktur som no er lagt fram av fylkesadministrasjonen. 23

98 Det er avgjerande viktig at utbygginga av dei vidaregåande skolane på Voss kjem i gang i høve til den tidsplanen som er vedteken Den vidaregåande skolen i Skulestadmo, Nye Voss vgs må samlokaliserast slik dei politiske vedtaka legg opp til, og dette må skje frå oppstart. Utdanningsprogramma Restaurant og matfag, Elektrofag og Allmennfagleg påbygging må plasserast på Nye Voss vgs slik fylkesutvalsvedtaket frå 2010 legg opp til. Fylkestingsvedtaket frå 2007 og Fylkesutvalsvedtaket frå 2010 må vidareførast slik alle kommunestyra i Indre Hordland har vedteke (Voss, Vaksdal, Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang og Ulvik kommune) 237. Matattaché, Landbruksavdelinga, Fylkesmannen i Hordaland v/gunnar Nagell Dahl Viser til det politiske vedtaket om skolestrukturen i Voss og fylkesrådmannen sin tilråding om plassering av Restaurant og matfag (RM) på Skulestadmo. Dei argumenta, som vart lagt til grunn for plasseringa av RM i 2007 er forsterka etter desse åra. Trendane innan mat og matproduksjon går mot det lokalproduserte og i den økologiske retninga. Industriproduksjon og halvfabrikata er på veg ut! Kunnskapen om korleis gode råvarer vert produsert vert meir viktig for å møta denne trenden. Det å kunna legge til rette for ein RM-skole, som baserer si læring på eigenproduserte varer og varer frå lokalmiljøet, med alle dei mattradisjonane som ligg i Vossabygda, vil være eit stort fortrinn for dei som skal velje denne lina i framtida Naturviterne ved Voss Jordbruksskule v/ Aina Sandaker To likeverdige robuste skolar gjev for Nye Voss vgs: Brei kompetanse innan fellesfaga. Høg fagleg kompetanse blant dei tilsette, dette gjev attraktiv arbeidsplass. Fleksibilitet i organisasjonsstrukturen på skolen. Tverrfagleg og yrkesretta tilbod. Yrkesfagleg kompetanse som næringslivet krev i sterkare grad i dagens samfunn. Bygningsmessige utfordringar ved Voss jordbruksskule i dag: Lite føremålstenlege undervisningslokale, gjeld både elevar og tilsette. For mange tilsette og elevar i høve til eksisterande lokale. Uavhengig av kva for elevgrupper ein har på skolen, trengs det oppgradering av undervisningslokale (verkstad og klasserom). Skolen er Miljøfyrtårnsertifisert. Dette er under føresetnad av at undervisningslokala og kontortilhøva vert utbedra. Sertifiseringa vil elles bli trekt attende. Gyldige vedtak frå Fylkestinget i 2007 må stå ved lag! Fordeling av utdanningsprogramma slik dei er vedtekne i 2010 vert vidareført Voss vidaregåande skule v/ Odd Kløve, rektor Summert opp vil Voss vgs understreka følgjande: 24

99 Det er avgjerande at utbygginga av dei vidaregåande skolane på Voss kjem i gang i høve til den tidsplanen som er vedteken. Med fordeling av programområda slik det var der. Fylkestingsvedtaket frå 2007 og vedtaket i fylkesutvalet frå 2010 må vidareførast. Nye Voss vgs må verte ein robust skole. Då er det av overordna verdi at Allmennfagleg påbygging og Elektrofag vert plassert ved Nye Voss vgs i tråd med fylkestingsvedtak Voss gymnas v/ Unn Fauskanger, rektor Musikklina ved Voss gymnas må vidareførast som eit viktig regionalt tilbod for Voss/Hardanger-regionen. Framdrift må prioriterast slik at utbygginga på Voss er ferdig seinast hausten Elevtalet ved Voss gymnas må aukast til 795 i Alternativ 1 inkludert Musikk, dans, drama. Vaksenopplæring kjem i tillegg. Flytting av SF Påbygg, Innføring for minoritetsspråklege og Vaksenopplæring til Voss gymnas er bra fagleg og økonomisk. Satsing på Voss som eit regionssenter for vidaregåande utdanning er viktig. Samlokalisering er eit kriterium som også må gjelde for skolane på Voss Voss husflidskule v/venke Barrikmo, rektor For Voss husflidskule er vedtaka frå 2007 og 2010 samanfallande med forslaget som ligg i høyringsutkastet til skolebruksplanen. Kollegiet ser dette som ein god løysing, ikkje minst for MK-seksjonen som klart ser ein effekt av å samarbeide med fellesfaget media på Voss gymnas. I tillegg vil dei og kunne samarbeide med seksjonen på musikklinja, når det gjeld utstyr. Studiespesialisering med formgjevingsfag vil ha klare fordelar ved å ligge på Nye Voss gymnas, av fleire grunnar. For det første vil dei få eit større val når det gjeld språkfag og programfag til val. I tillegg er Design og handverk tenkt flytta til Nye Voss gymnas, og programfagslærarane vil få fleire samarbeidspartnarar reint fagleg. Kollegiet har forsona seg med og sett fram til at Voss Husflidskule skal bli ein del av Nye Voss gymnas. Stadige utsetjingar, nye årstal for ferdigstilling, fører til redusert motivasjon, usikkerheit og frustrasjon. Det er difor avgjerande at byggeprosessen kjem i gang, og at planane er føreseieleg. Hordaland fylkeskommune må vise i praksis at dei forpliktar seg til sine eigne ni omstillingsreglar Rogne vidaregåande skule v/ Venke Barrikmo, rektor 25

100 For Rogne vgs er følgjande endringar i strukturen lagt fram: Restaurant- og matfag: Til Nye Voss gymnas. Helse- og oppvektsfag vert vidareført til Nye Voss gymnas. TOtilbodet vidareført på Nye Voss vgs. Nasjonalt og regionalt har ein i fleire år hatt ein nedgang i søkarar til RM, samstundes har næringa eit stort behov for rekruttering. Ein ser det som særs viktig at RM-tilbodet vert vidareført i regionen. Kollegiet ved ROV meiner at rett plass for dette programområdet er Nye Voss gymnas. Med tanke på at det nye skolebygget på Skulehaugen vil bli eit viktig bygg i lokalsamfunnet, der kantinedrift, møteverksemd og konferansar er aktuelle, vil RM kunne vere eit viktig bidrag og miljøfaktor inn i det som kan bli skolen si storstove. HS har gjennom alle vedtaka vore lagt på Nye Voss gymnas, og kollegiet har vore samstemte i at det er rett plassering. HS vil nyte godt av eit større miljø på fellesfaga, og elles bidra til eit mangfald i skolesamfunnet. TO: Det er ein fordel at TO-elevane kjem til Skulestadmoen. Det vil primært gi betre ressursutnytting og fagkompetansen vert samla. Det vert samtidig understreka at TOelevane har særskilte behov for tilrettelegging og ekstra areal, og skolen ser med uro på korleis denne elevgruppa kan bli overført til Nye Voss vgs utan at det er areal som er definert mot dei. Gjennom åra sidan 2007, og tidvise endringar av plassering, har kollegiet forsona seg med og ser fram til at storparten av Rogne vgs skal bli ein del av Nye Voss gymnas, og at TO skal bli ein del av Nye Voss vgs. Stadige utsetjingar, nye årstal for ferdigstilling, fører til redusert motivasjon, usikkerheit og frustrasjon. Det er difor avgjerande at byggeprosessen kjem i gang, og at planane er føreseielege. Hordaland fylkeskommune må vise i praksis at dei forpliktar seg til sine eigne ni omstillingsreglar Handicapede Barns Foreldreforening, Handicapforbundet Voss v/ Aud Marit Netteland, leiar Born med rett til tilpassa undervisning har store behov for fysiske og psykososiale tilretteleggingar for at dei skal ha ein undervisningssituasjon som er god, nyttig og forsvarleg. Det er viktig at utbyggingane er av eit slikt areal og av ein slik standard at de kan ta i mot ei elevgruppe med store behov for tilrettelegging. På denne måten kan denne elevgruppa få ein tilstrekkelig og forsvarlig undervisningssituasjon. Desse elevene kan på ingen måte leve med svake midlertidige løysingar, men vil ha behov for gode tilrettelagde lokalar heile vegen i denne prosessen Hardanger spelemannslag v/ Halldis Folkedal, styreleiar Musikklina bindeledd mellom opplæring i kulturskolane og vidare musikkutdanning. Framtidige elevar vil misse kontakten med nærmiljøet sitt, og det er eit tap for det lokale musikklivet. 26

101 Nedlegging av musikklina vil svekke Voss som regionsenter. Tap av lærarkrefter i regionen. Vanskeleg bustadsituasjon for elevar som må pendle til Bergen (tilgang og pris). Dette vil føre til at færre elevar vel å søkje seg til musikkutdanninga. Styresmaktene har forplikta seg til UNESCO sin konvensjon om immateriell kulturarv, der utøving av folkemusikken og folkedansen er ein særs viktig del. Institusjonane som arbeider med dette bør difor ikkje verte lagt ned. Nedlegging av musikktilbodet på Voss vil føre til eit fattigare musikkmiljø og ei utarming av den lokale kulturen Voss Musikklag v/ Ragni Valestrand, leiar Musikklina er viktig for Voss musikklag. Hentar inn musikarar og songarar til støtte og hjelp i amatør-korps-arbeidet. Rekruttering er vanskeleg og det er difor bra å kunne trekke inn utøvarar frå musikklina til konsertane. Elevane på musikklina deltek i musikklivet i nærmiljøet og vert nytta som instruktørar i skolemusikken. Elevar frå enkelte kommunar i Hardanger kan bu heime medan dei går på skole på Voss FolkOrg og Hordaland Folkemusikklag v/ Per Øyvind Tveiten, styreleiar FolkOrg og leiar i Hordaland musikklag og Linda Dyrne, dagleg leiar FolkOrg Musikklina sin kompetanse og funksjon i det å ivareta folkemusikk og drive utdanning i den er svært viktig å ivareta. Norge sin implementering av UNESCO-konvensjonen om den immaterielle kulturarven understrekar ansvaret for å ivareta arven og gjera gode val i forvaltninga av den. Flytting av musikklina frå Voss vil innebere eit redusert tilbod, og svekke eit svært godt folkemusikkmiljø. Det nær komplette tilbodet som er på Voss, med musikkutdanning på mange nivå, frå musikkskole via Voss gymnas, og oppover til Ole Bull akademiet, vil miste ei avgjerande aldersgruppe. Eit levande, og i lokalmiljøet verdifullt folkemusikkmiljø, er resultat av ein lang prosess og lang tradisjon, og kan vere vanskeleg å skape på nytt ved flytting. Dette vil vere eit vesentleg tap for folkemusikkopplæringa Kirsten Møen Thorseth Stiller spørsmål til datagrunnlaget for vurderinga av nedlegging av musikklina. Var elevtalsutvikling over år vurdert? Ønskjer innsyn i meir av drøftinga som vart gjort når alternativet om å leggje ned MDD på Voss vart ein aktualitet. 27

102 Stiller spørsmål om korleis omgrepet «fagmiljø» har blitt definert og operasjonalisert. Summert opp: Argumenta for å flytte musikklina frå Voss gymnas til Fyllingsdalen vgs har ikkje vore overtydande på grunn av manglande informasjon om grunnlaget for vurderinga. Dette gjeld blant anna datamaterialet og -perioden knytt til Voss gymnas og utredning av konsekvensar for regionen Voss/Hordaland Griegakademiet v/ Frode Thorsen, instituttleder og Kjerstin Tønseth, administrasjonssjef Styrking av musikktilbodet i Bergen vil kunne rekruttere mange motiverte elevar og det vil være mogeleg å skape eit sterkt og godt fagmiljø, men det bør ikkje skje på kostnad av tilbodet på Voss. Musikk er eit nedprioritert fag i norsk skole og det er få lærarar med musikkfagleg kompetanse. Det er difor viktig å stimulere dei tilboda som fungerer. Pendling til Bergen bør ikkje verte pålagt skoleungdom når tilbodet ikkje er så spesialisert at Voss ikkje kan dekkje det sjølv. For musikklivet på Voss vil effekten av nedlegging vere dramatisk, då «kretsløpet» vil miste eit avgjerande ledd som ikkje vert erstatta av eit styrka tilbod i Bergen. Musikklina på Voss har vore verdifull som praksisplass for studentar på Griegakademiet. Nedlegging av tilbodet på Voss vil føre til ein klar svekking av rekrutteringsgrunnlaget for musikkutdanning i regionen Festival Voss v/ Torgunn Hegland, dagleg leiar Nedlegging av musikklina vil vere eit tap for «arrangørbygda Voss» og vil påverke kulturarbeidet i bygda. Viktig i arrangementa at arrangørane har ein kultur for å vise fram det lokale mangfaldet bygda har å by på. Musikklina på Voss gymnas er ei viktig brikke i det samspelet som gjer Voss til ei heilt spesiell arrangørbygd. Det er viktig at musikklina får halde fram med arbeidet sitt og slik vera med på å sikra det breie og varierte kulturmiljøet i bygda Musikknett Vest v/ Professor Magne Espeland, leiar Musikknett Vest er fagnettverk for alle dei høgare musikkutdanningsinstitusjonane på Vestlandet. Mange studentar kjem direkte frå musikklinene på vidaregåande skolar. Musikkinstitusjonane treng musikklina på Voss som rekrutteringsgrunnlag. 28

103 Voss har ein nasjonal posisjon innan musikkfaget, både gjennom utøvarar og Ole Bull Akademiet, og musikklina på Voss er viktig for denne posisjonen. Hordaland fylke er landets fremste musikkfylke. Det bør også speglast på vidaregåande nivå ved å ha gode tilbod på dette nivået. Verdien av musikk med medium som samkjensle og fellesskap har aldri vore tydlegare enn no. Det gjeld ikkje berre nasjonalt, men og regionalt Voss Skulemusikk v/ Hedvig Røhnebekk, leder Voss skulemusikk har over 60 aktive musikantar og drilljenter og er eit korps i vekst. Musikklinja på Voss bidreg til at ungdommen held fram i korpset til dei er 18 år, noko som er svært viktig for det faglege nivået og rekrutteringa (både av nye musikantar og instruktørar/dirigentar). Dersom musikklina vert lagt ned inneber det at den mest engasjerte ungdommen flytter når dei er 16 år, og bygda mister verdifulle bidragsytarar både musikalsk, sosialt og som instruktørar for dei yngste musikantane. Dei som ikkje flytter vil måtte velje andre liner enn musikk, vil få andre interesser, og det vil vere ein større sjanse for at dei slutter i korpset. I ei lita bygd er dei ulike fritidstilbod som vert tilbydd sterkt basert på enkeltpersonar sin dugnadsinnsats og interesse. Dersom ein «byggekloss» vert fjerna får ein ofte ein dominoeffekt som ikkje alltid er enkel å føresjå. For Voss Skulemusikk er Musikklina på Voss gymnas ein vesentleg byggekloss Vossa Jazz v/ Trude Storheim Framlegget om å fjerne det einaste skoletilbodet i indre region i Hordaland som gjev studiekompetanse til høgare studiar i musikk, er å svekke Voss som regionsenter og vil påverke kulturarbeidet i bygda. Musikkmiljøet på Voss har lange tradisjonar og ein har bygd opp mange institusjonar som har vore viktige både regionalt og nasjonalt. Elevane på musikklina er viktige medspelarar på musikkscener i bygda og i regionen, dei deltak som medarbeidarar på Vossa Jazz og andre festivalar og er aktive deltagarar i ungdomsmiljøet. Det er ei gjensidig nytte mellom festivalane og musikklina ved Voss gymnas. Svært viktig for kulturbygda Voss og regionen vår at musikklina får halde fram med arbeidet sitt og slik vere med på å sikre det breie og varierte kulturmiljøet i bygda Voss spelemannslag v/ Lars Gjelland Voss er ei bygd med eit tradisjonelt godt folkemusikkmiljø, og musikklina ved Voss gymnas har gjennom mange år vore ein aktiv medspelar i opplæringa og utviklinga av unge folkemusikarar i indre Hordaland. 29

104 Musikklina er viktig for det totale folkemusikkmiljøet og musikkmiljøet i indre Hordaland. Voss spelemannslag vil på det sterkaste be om at musikklina på Voss gymnas får leve og fortsette å utvikle musikarar. Det vil vere heilt feil å rive ned det som her er bygd opp over lang tid Orkesteret Fossegrimen v/ Peter Rigdal, styreleiar Kultur er noko av det viktigaste som gir eit samfunn identitet og røter. Musikkmiljøet på Voss har lange tradisjonar, og ein har bygd opp fleire institusjonar og festivalar som har sterk regional og nasjonal stilling. Musikklina på Voss er ein viktig del av dette musikkmiljøet. Orkesteret Fossegrimen er eit regionalt symfoniorkester. Rekruttering til eit slikt orkester i distriktet er i utgangspunktet vanskeleg og Fossegrimen er heilt avhengig av det bidraget som elevar og lærarar ved musikklina ved Voss gymnas gjev. Utan musikklina er orkesteret sin vidare eksistens i fare. Fossegrimen er og eit viktig tilbod i samband med musikkopplæringa ved musikklina. Orkesteret Fossegrimen vil med det sterkaste rå frå at musikklina ved Voss gymnas vert nedlagt. I lys av lange tradisjonar og eit aktivt, rikt og variert musikkmiljø bør undervisningstilbodet her i staden styrkast og utvidast Voss kyrkjelege fellesråd v/ Magnus Kløften, kantor og kyrkjemusikalsk ansvarleg For dei som jobbar med musikkaktivitetar innanfor kyrkja i Voss er elevar og lærarar ved Musikk, dans og drama på Voss gymnas naturlege og uvurderlege samarbeidspartnarar, knytt til fleire større prosjekt med framføringar i Vangskyrkja og andre kyrkjebygg/arenaer som Kyrkja i Voss nyttar. Indre region i Hordland vil stå utan eit tilbod innanfor Musikk, dans og drama på vidaregåande skole. Ole Bull-akademiet vil stå utan ein lokal og regionalt forankra rekrutteringsinstitusjon. Voss vert degradert som kulturelt regionsenter, i og med at ein part profesjonelle kulturaktørar (lærarar ved Musikk, dans og drama/voss gymnas)forsvinn frå staden. Og av di at det vert mindre attraktivt for eksterne kulturkrefter å søkje seg til Voss, på heiltidsbasis (busetting, ledige jobbar) eller prosjektbasis (enkeltvise arrangement m.m.) i forhold til samarbeid med lokale kulturkrefter. Nedlegging av tilbodet i Musikk, dans og drama kan på kort og lang sikt føre til at færre talent frå distrikta vel å satse på ei vidare skolering innanfor aktuell studieretning, noko som lyt sjåast på med eit stort minusteikn i kulturen si teneste Voss folkehøgskule v/lasse Sandberg, rektor Voss folkehøgskule vil ta vare på musikklina ved Voss gymnas. Musikklina rekrutterer unge musikarar til høgare musikkutdanning og bidrar sterkt til eit levande og kreativt miljø, ikkje berre på gymnaset og i bygda Voss, men på nasjonalt nivå. 30

105 Læringsmiljøet på musikklinja er fagleg sterkt, prega av høg kompetanse, av stor innsatsvilje hos lærarar med elevane sin utvikling i fokus, av stor sjangerbredde og variasjon. Samarbeidet mellom Voss Jazzskule og musikklina på Voss gymnas gjer at unge jazzmusikarar får opplæring som ein integrert del av den vidaregåande utdanninga. Som idretten er musikklivet avhengig av bredde og stort tilfang av musikkelevar, etter kvart musikkstudentar, for å skaffe til veie noen få musikarar som er i stand til å stoppe tida, til å utvide rommet og til å lydmale drøymebileta våre så vi får øye på oss sjølv og kommer til oss sjølv. Det er viktig. Ikkje tru at det er nok med eitt tilbod i Hordaland. Undervisningstilbodet i kreative fag og særleg i musikk bør styrkast på alle trinn i opplæringssystemet. Mange forskingsrapportar peiker på samanhengane mellom god undervisning i skapande fag og det å lukkast i t.d. matte og andre fag. Ikkje sei at vi ikkje har råd til musikklina vi har ikkje råd til å vere utan Ole Bull Akademiet v/ Jo Asgeir Lie, rektor Ole Bull Akademiet frykter at nedlegging av Musikklina på Voss vil få store negative konsekvensar for musikklivet i indre Hordaland og for rekrutteringa av akademiet. Musikklina på Voss er ein sentral aktør i musikklivet på Voss og i bygdene rundt, og spelar ei rolle lokalt og regionalt som er mykje større enn det som isolert er knytt til opplæringstilbodet på skolen (kulturskole, rekruttering av lærarkrefter, orkesteret Fossegrimen, Voss som arrangementskommune m.m.). Det er ikkje samsvar mellom framlegg til ny kulturplan for Hordaland om å utvikle regionale kulturarenaer og nedlegging av musikklina på Voss. Ole Bull akademiet oppmodar til at forslaget blir forkasta og at det heller vert ein styrking av musikklina i åra som kjem. Da vert det samsvar mellom plandokumenta i fylket Kulturskulane i Ulvik, Granvin, Eidfjord, Odda, Voss, Vaksdal, Fusa, Kvam, Jondal og Ullensvang v/ Erlend Styve, rektor Ulvik kulturskule Musikklina har sidan 1970-talet vært ein av grunnpilarane i kulturlivet på Voss. Nedlegging vil ha store ringverknader på musikkmiljøet på Voss og omkring. Lærarkreftene ved musikklina styrkjer musikkmiljøet regionalt. Elevane ved musikklina er svært viktige aktørar i kulturlivet på Voss og i grannekommunane. For folkemusikarar er lærarar frå eige distrikt svært viktig. Voss ligg sentralt i forhold til Dale, Odda, Hardanger og Sogn. I arbeidet i kulturskolen ser ein at målet om å komme inn på musikklina motiverer elevane på ungdomstrinnet. Kanskje bør ein heller tenkje utviding av lina til dans, drama og lyd-/lysdesign? 31

106 259. Songkoret Bygdaklang v/ Kjell Ove Lid Songkoret Bygdaklang er uroa for utviklinga av song- og musikklivet på Voss dersom musikklina vert lagt ned. Musikklina er viktig for rekruttering av både amatørar og profesjonelle utøvarar i kulturlivet i bygda. For Bygdaklang har musikklina vore ei viktig støtte. Koret har nytta elevar og lærarar som solistar, musikarar og dirigentar ved konsertar og andre arrangement. Songkoret Bygdaklang vil på det sterkaste oppmoda om at musikklina ved Voss gymnas vert vidareført Voss kommune v/ Hans Erik Ringkjøb, ordførar For skolestaden Voss er det avgjerande at den vedtekne strukturendringa med påfølgjande utbygging står fast og at utbygginga skjer så raskt som mogleg. Å gå frå fem til to skolar er ei omfattande endringa som har med seg store fordelar for HFK ved at ein får to skolar som i stor grad stettar dei kriteria som er lagt til grunn i framlegget til ny skolestruktur. Slik den nye strukturen på Voss var planlagt, hadde den ikkje tilførsel av fag eller elevar frå skolar utanom Voss. Endringane på Voss har stått støtt på eigne bein. I framtida vil Voss som regionalt senter gjennom dette vere med å sikra ein tenleg og god skolestruktur for Hordaland fylke Destinasjon Voss v/ Anne Grethe Bakke, dagleg leiar Destinasjon Voss ber om at ein står fast på tidlegare vedtak (2007 og 2010) om skolestruktur på Voss der Voss har ein tydelig posisjon som regionalt senter for vidaregåande opplæring. Regionsenterfunksjonen er viktig for utvikling av Voss som reisemål Hordaland Bondelag v/ Clara Hveem, leiar i Hordaland Bondelag og Lars Peter Taule, org.sjef Hordaland Bondelag er positiv til den satsinga Hordaland Fylkeskommune viser med utbygginga av ny fjøs på Voss Jordbruksskule/Voss vgs. Samstundes er det framleis eit stort behov for opprusting/utbygging av bygningsmassen som er knytt til naturbruksutdanninga. Næringslivet i indre strok rekrutterer direkte frå dei viktige yrkesfaglege utdanningsprogramma som er på Voss. Å svekka desse yrkesfaglege utdanningsprogramma vil såleis kunna svekka heile næringslivet på Voss og i regionen. Hordaland Bondelag vil oppmode Hordaland Fylkeskommune til å: 32

107 o o Sikre at hovudmålsettinga om samlokalisering av praktiske fag blir gjennomført i henhold til Fylkestingsvedtak frå Framskynde opprusting av undervisningslokala som er knytt til landbruks- og naturbruksutdanninga Voss bilbransjegruppe (VBBG) v/oddvar Jansen, dagleg leiar VBBG utgjer ein betydeleg arbeidsplass i Voss kommune. Medlemmane er avhengige av ein effektiv utdanningsinstitusjon som kan «etterfylle» med godt utdanna fagpersonar. Det er etablert eit godt system og samarbeid med Voss vgs, lette kjøretøy. Bekymra for at det gode arbeidet med fagopplæringstilbod skal stoppe opp. I verste tilfelle kan dette føre til at skolane i vårt område vert umoderne og lite attraktive og at dei kan verte avvikla. Bilbransjen har vorte, og vert meir og meir komplisert, spesielt når det gjeld service og vedlikehald av bil. Det er då viktig med eit utdanningsløp som er både tidsriktig og moderne, både med omsyn til lokalitetar, læremidla og faglærarar. På bakgrunn av dette vil VBBG understreke viktigheita av å koma i gang med bygging av skolane slik det er vedteke i Hordaland fylkeskommune i 2007 og gjenteke i Vangen elektriske AS v/ Sigurd Johansen, dagleg leiar Vangen Elektriske utgjer ein betydeleg arbeidsplass i Voss kommune. Vi er autorisert elektroentreprenør og er avhengig av ein effektiv utdanningsinstitusjon som kan «etterfylle» med godt utdanna fagpersonar. Det er etablert eit godt system og samarbeid med elektrolina ved Voss vgs. Bekymra for at det gode arbeidet med fagopplæringstilbod skal stoppe opp. I verste tilfelle kan dette føre til at skolane i vårt område vert umoderne og lite attraktive og at dei kan verte avvikla. Elektrikarbransjen har vorte, og vert meir og meir komplisert, spesielt når det gjeld service og vedlikehald av elektriske installasjonar. Det er då viktig med eit utdanningsløp som er både tidsriktig og moderne, både med omsyn til lokalitetar, læremidla og faglærarar. På bakgrunn av dette vil Vangen Elektriske understreke viktigheita av å koma i gang med bygging av skolane slik det er vedteke i Hordaland fylkeskommune i 2007 og gjenteke i Voss tekniske fagskule v/ Odd Kløve, rektor Det er avgjerande at utbygginga av dei vidaregåande skolane på Voss kjem i gang i høve til den tidsplanen som er vedteken. Med fordeling av programområda slik det var der. Fylkestingsvedtaket frå 2007 og vedtaket i fylkesutvalet frå 2010 må vidareførast. 33

108 Voss tekniske fagskule har hatt auka søknad til fagskoletilbodet med anleggsline. Skolen har veldig godt samarbeid med aktuelle firma og offentlege institusjonar i Vossaregionen. Fagskolestudentane er godt nøgde med at dei er eit lite miljø med dei fordelane det inneber av fleksibilitet og god oppfølging av den enkelte. Nye Voss vgs må verte ein robust skole. Då er det av overordna følgje at også Voss tekniske fagskule vert plassert ved Nye Voss vgs i tråd med alternativ 1 i høyringsutkastet Voss og Hardanger Byggmeisterlaug v/ Oldermann Tor Dagestad Voss og Hardanger Byggmeisterlaug føler det går mot ein styrt nedbygging av skolebygda Voss. Når utdanningstilbodet i indre strok vert vesentleg dårlegare, vil det på sikt føre til fråflytting. Arbeidsplassar vil gå tapt. I byggbransjen vil ein slite endå meir i framtida med rekruttering. Ein må leggje til rette for at dei som vil lære faget får ein god allmenn utdanning. Konklusjon: Ynskjer sterkt at tidlegare vedtak vert ståande og ikkje ytterlegare utsett. Ynskjer sterkt at allmennfaga vert samla på Skulehaugen, og sjølvsagt at musikklina vert vidareført, og at dei praktiske faga vert samla til jordbruksskolen i Skulestadmo. 34

109 HORDALAND FYLKESKOMMUNE SAKNR. 298/12 MØTEDATO Saksgang Møtedato Saknr Saksordførar Opplærings- og helseutvalet /12 Fylkesutvalet /12 Fylkestinget /12 Ny elev pc-ordning - privateigde elevmaskiner Innstillinga frå opplærings- og helseutvalet vert ettersendt/lagt fram i møtet. 38

110 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak Arkivnr. 036 Saksh. Berdal, Odd-Bjarne Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato NY ELEV PC-ORDNING - PRIVATEIGDE ELEVMASKINER SAMANDRAG Noverande pc-ordning er ressurskrevjande og kostbar. Administrasjon av pc-ordninga krev fleire årsverk i sentraladministrasjonen fordelt på opplæringsavdelinga, IT-seksjonen og fylkeskassen. I tillegg kjem ressursbruken ved skulane. Det er gjort eit omfattande arbeid for å utarbeide vilkår og retningsliner for elev-pc-ordninga. Likevel opplever både skulane og opplæringsavdelinga ei rekkje omkampar kvart år når det gjeld eigendelar for leige av pc eller eigendelar i høve til reparasjonar og pc-ar som er totalskadde eller stolne. Privateigd maskin inneber valfridom for elevane i høve til pc-modell eller Mac. Dette harmonerer med utviklinga i høve til auka grad av personlege einingar. Valfridom kan òg representere ein miljøgevinst ved at elevane i større grad har ei maskin til skule- og privat bruk. Samstundes vil kjøpet kunne bli påverka av elevar og føresette sin betalingsvilje- og evne, noko som kan bidra til kjøpepress. Erfaringar frå Rogaland tyder på at elevane vil ta betre vare på sine eigne maskiner samanlikna med fylkeseigde. På den andre sida kan det bli mindre føreseieleg at elevane har totalansvar for å installere naudsynt programvare og å halde maskina i orden og skadefri. Privateigde maskiner vil truleg vere ei rimelegare ordning for fylkeskommunen. Ei omlegging til ei elev-pc-ordning med privat eigarskap til elev-pc-en kan tidlegast vere på plass til skulestart skuleåret 2013/2014. Ordninga vil kunne vere fullt etablert innan utangen av I perioden fram til 2016 vil fylkeskommunen ha to parallelle pc-ordningar. 39

111 Føremonane med privateigd pc er klart størst ved innføring av ope nett på skulane. Ei omlegging frå noverande nettløysing til ei open fleksibel løysing krev betydeleg auke i nettkapasiteten ved utbygging av trådlause sendarar. IT- seksjonen har rekna investeringsbehovet for naudsynt oppgradering av nettkapasiteten til om lag 18 millionar kroner. FORSLAG TIL VEDTAK 1) Noverande elev-pc-ordning med fylkeseigde pc-ar vert fasa ut og erstatta av ei ordning med privateigde elevmaskiner. 2) Ny ordning vert etablert til skolestart i , og ordninga skal vere fullt etablert seinast innan utgangen av ) Føremonane med privateigd pc er størst ved innføring av ope nett, og det er ei målsetjing å få dette på plass ved dei vidaregåande skulane så snøgt som råd. Vedlegg: Vilkår for bruk av berbar elev- pc Paul M Nilsen fylkesrådmann Svein Heggheim opplæringsdirektør 40

112 FYLKESRÅDMANNEN, : Bakgrunn Fylkeskommunen sitt økonomiske ansvar for utgifter til læremiddel og utstyr er gjort klart i Forskrift til opplæringslova Når det gjeld berbar pc, seier forskrifta følgjande: «Dersom skoleeigar organiserer opplæringa på ein måte som krev at elevane må ha berbar pc, kan skolen krevje ein årleg eigendel frå eleven for å dekkje delar av kostnaden for pc- en. Eigendelen kan ikkje setjast høgare enn den lågaste stipendsatsen i det årlege ikkje- behovsprøvde utstyrsstipendet. Etter vidaregåande skole skal eleven få behalde pc- en. Elevar som ikkje fullfører opplæringa, skal få tilbod om å kjøpe pc- en. Samla betaling kan ikkje overstige tre gonger den lågaste stipendsatsen i det årlege ikkje- behovsprøvde utstyrsstipendet berekna på avbrotstidspunktet.» vedtok fylkestinget at det skulle kjøpast inn fylkeseigde maskiner til alle elevar som tok til i den vidaregåande skulen i Hordaland frå hausten Sidan hausten 2009 har alle elevar i den vidaregåande skulen hatt tilbod om fylkeseigde maskiner. I noverande ordning får elevane tildelt ei ny maskin ved skolestart i vg1. Det blir utlevert ei kraftigare og meir kostbar maskin til elevane på programfag for media og kommunikasjon (MK) og ei standard maskin for elevar på dei andre programfaga. Maskina som vert utlevert, er klar til bruk med all grunnleggjande programvare installert. Fylkeskommunen krev inn eigendelar på 3x800,- for elevar på MK og 2x800 for dei andre elevane. Ved skader eller tekniske problem på maskina er det skulane som administrerer dette og opprettar kontakt med leverandør. Ved tjuveri og reperasjonar som ikkje vert dekka av garantien, betaler elevane ein eigendel til fylkeskommunen. Elevane sine plikter og det ansvaret dei har, går fram av Vilkår for bruk av berbar elev- pc (vedlagt). Både ved fullført utdanning og ved avbrot i utdanninga kan elevane overta eigarskapet til maskina. Med unnatak av elevane på MK vil dette vere kostnadslaust etter to års skulegang. I budsjettforslaget for 2013 er det lagt til grunn ein auke i eigendelen på elev- pc- ordninga til tre gonger stipendsatsen i det ikkje- behovsprøvde utstyrsstipendet, som i inneverande skuleår er på kr 910. Denne endringa har berre innverknad på tilskotsbeløpet frå fylkeskommunen og kan såleis sjåast uavhengig av type elev- pc- ordning ein har. Noverande pc- ordning er ressurskrevjande og kostbar. Administrasjon av pc- ordninga krev fleire årsverk i sentraladministrasjonen fordelt på opplæringsavdelinga, IT- seksjonen og fylkeskassen. I tillegg kjem ressursbruken ved skulane. Det er gjort eit omfattande arbeid for å utarbeide vilkår og retningsliner for elev- pc- ordninga. Likevel opplever både skulane og opplæringsavdelinga ei rekkje omkampar kvart år når det gjeld eigendelar for leige av pc eller eigendelar i høve til reparasjonar og pc- ar som er totalskadde eller stolne. Fylkeskommunen har kvar haust sendt ut ca fakturaer med eigendelar til elevane. Trass i omfattande førebuing i forkant av utsendinga for å minimere feilfakturering er det trong for mykje oppfølging i etterkant av fakturautsendinga. Eit anna moment er at urovekkjande mange av desse fakturaene går til inkasso. I den samanheng gjorde opplæringsavdelinga frå skulestart 2012 ei endring med innføring av elektronisk betaling, slik at det no er mogleg å betale eigendelen i ein omgang. Dette har medført ein vesentleg reduksjon i papirfakturaer. Kontorpersonalet på skulane legg mykje arbeid i fakturering i samband med skade og avhending av maskiner. Dei IKT- ansvarlege ute på skulane brukar store delar av si arbeidstid på administrasjon knytt til skadehandtering og kontakt med leverandør og verkstad. Tal frå ein mellomstor vidaregåande skule i Hordaland viser at kvar elevmaskin i snitt er inne til verkstad om lag to gonger i løpet av tre skuleår. Alternativ ordning privateigd pc I april 2012 vart det arrangert ein konferanse med alle fylkeskommunane representert der ein samanlikna og gjekk gjennom elev- pc- ordningane i fylkeskommunane. Der kom det fram at fylkeskommunane organiserer elev- pc- ordninga ulikt både med tanke på eigarskap, nettløysing 41

113 og fleksibilitet i forhold til ulike einingar og grad av kontroll på maskina som elevane brukar i undervisninga. Eit alternativ til den ordninga Hordaland har i dag er ei ordning med privateigde maskiner slik t.d. Rogaland fylkeskommune praktiserer. Rogaland fylkeskommune har sidan 2008 hatt ei slik ordning. Elevane kan gjere eit val om dei vil ta med ein pc dei disponerer frå før eller om dei vil kjøpe ein av fleire utvalde og subsidierte maskiner gjennom ei fylkeskommunal innkjøpsordning. I ei slik ordning vil den rimelegaste pc- modellen vere prisa likt med den totale eigendelkostnaden (slik som i noverande ordning). For å redusere administrasjon ved fakturering får elevane rabatt dersom dei betalar heile beløpet ved tinging. På den «fullsubsidierte» grunnmodellen blir det òg lagt til rette for at eigendelen kan betalast kvart skuleår. Rogaland har røynd at langt dei fleste føretrekkjer å betale eigendelen elektronisk i ein omgang. Når det gjeld programvare, er noverande ordning slik at grunnleggjande programvare som t.d. antivirusprogram og Office- pakka er ferdig installert på maskina, og Hordaland fylkeskommune dekkjer lisenskostnadene. I ei ordning med privateigde maskiner kan dette løysast ved at elevane sjølve installerer grunnleggjande programvare frå ein fylkeskommunal portal. Det er sannsynleg at det vil vere noko reduserte kostnadar både med tanke på reparasjonar/vedlikehald og reine innkjøpskostnader knytt til ei ordning med privateigde pc- ar. At elevane eig maskina, inneber at dei får eit personleg ansvar, og det vil venteleg vere eit sterkare incentiv til å ta betre vare på utstyret enn det dei har i dag. Erfaringane frå Rogaland kan tyde på at elevane er langt flinkare til å ta vare på eiga maskin samanlikna med ei fylkeseigd maskin. Tryggleik ved eksamen og prøver I dag har Hordaland fylkeskommune eit styringssystem (TIGRU) som stengjer internettilgang til elevane både på gruppenivå og på individnivå. Fylkeskommunen eig programvara til TIGRU, og dette verktøyet vil kunne nyttast som før i ei ordning med privateigd utstyr. Utlåns- pc- ar på skulane Alle skulane har i dag utlånsmaskiner for elevar som ventar på reparasjon ol. Når elevane får problem med sitt privateigde utstyr, må dei sjølve syte for support og eventuelt reparasjon via sin leverandør. Særleg for dei elevane som stiller med maskiner utanfor den fylkeskommunale innkjøpsordninga, kan ein truleg vente lengre servicetid. Dette kan auke presset på låneutstyret skulane har tilgjengeleg, og det kan difor vere naudsynt å auke denne kapasiteten på skulane. Vidare kan ein større variasjon i elevane sin maskinpark stille større krav til stasjonært utstyr, særleg innanfor programfag som nyttar tyngre programvare. Samanlikning av kostnader med noverande ordning og ordning med privateigd maskin I oppsettet under vert det lagt til grunn at elevane betaler 3 gonger stipendsatsen i det årlege ikkje- behovsprøvde utstyrsstipendet frå lånekassen i samsvar med budsjettforslaget som ligg føre for Når det gjeld ordninga med privateigde maskiner, vil alle modellane elevane kan kjøpe gjennom ei fylkeskommunal innkjøpsordning, ha same tilskot frå fylkeskommunen. Tabell 1 Kostnader med noverande ordning Grunnmodell til alle kr Subsidiering kraftig pc kr Batteribyte kr Eigendel elev kr ( ) Mva refusjon kr ( ) Netto kostnad kr

114 Tabell 2 Kostnader med alternativ ordning privateigd pc Tal Scenario elevar Kostnad grunnmodell 1 Utlånsmaskiner og stasjonært utstyr Nettokostnad HFK 90 % HFK-PC/Mac, 10 % privat 6300 kr kr kr % HFK-PC/Mac, 30 % privat 4900 kr kr kr % HFK-PC/Mac, 3 50 % privat 3500 kr kr kr % HFK-PC/Mac, 4 70 % privat 2100 kr kr kr % HFK-PC/Mac, 5 10 % privat 700 kr kr kr Om det vert opna for bruk av private maskiner, er det ikkje så lett å vite kor mange av elevane som vil nytte seg av den fylkeskommunale ordninga. I Rogaland auka denne delen frå 50 % det første året til 70 % det andre året. Tabellen over syner tilskotskostnader av ei slik ordning ved ulike scenario. Dei to ordningane kostar det same dersom om lag 92 % av elevane kjøper utstyr i regi av fylkeskommunen. Dersom fordelinga i HFK blir på nivå med Rogaland (scenario 2), vil dette innebere ein rein kostnadsreduksjon på i overkant av 3 millionar kroner. Fylkeseigd versus privateigd Noverande ordning sikrar likt utstyr for alle elevane. Dei får utlevert ei klargjort maskin ved skolestart med ferdig installert programvare. Dette gjev mindre kompleksitet i høve til einingar for IKT- konsulentane, og elevane har ingen kontakt eller administrasjon i forhold til leverandør med tanke på support og tap/skade. Samstundes er denne tilrettelegginga ressurskrevjande administrativt både for skulane og sentraladministrasjonen. Fylkeseigd maskin krev ein juridisk kontrakt mellom elevane og skulen på disponeringsretten. Dette krev mykje oppfølging, og det er ofte omkampar rundt kontraktsvilkår. I tillegg må det gjerast ei avinstallering av programvare og signerast ein avhendingskontrakt når elevane overtek eigarskapet til maskina etter fullført (eller avbroten) skulegang. Utsending av rekningar både for eigendel for maskina og ved tap/skade krev mykje ressursar, og urovekkjande mange saker går til inkasso kvart år. Ordninga viser seg å gi svært mange skader som følgje av uforsiktig bruk; noko som er kostbart og krevjande å handtere på skulen. Denne ressursbruken knytt til administrasjon, leverandørhandtering og kontraktar/juss blir vesentleg redusert når eigarskapet ligg hjå eleven. Dette frigir meir tid til anna brukarstøtte og kompetanseutvikling. Privateigd maskin inneber valfridom for elevane i høve til pc- modell eller Mac. Dette harmonerer med utviklinga i høve til auka grad av personlege einingar. Valfridom kan òg representere ein miljøgevinst ved at elevane i større grad har ei maskin til skule og privat bruk. Samstundes vil kjøpet kunne bli påverka av elevar og føresette sin betalingsvilje og - evne, noko som kan bidra til kjøpepress. Erfaringar frå Rogaland tyder på at elevane vil ta betre vare på sine eigne maskiner samanlikna med fylkeseigde. På den andre sida kan det bli mindre føreseieleg at elevane har totalansvar for å installere naudsynt programvare og å halde maskina i orden og skadefri. Privateigde maskiner vil truleg vere ei rimelegare ordning for fylkeskommunen. Tidsperspektiv Ei omlegging til ei elev- pc- ordning med privat eigarskap til elev- pc- en kan tidlegast vere på plass til skulestart skuleåret 2013/2014. Ordninga vil kunne vere fullt etablert innan utangen av I perioden fram til 2016 vil fylkeskommunen ha to parallelle pc- ordningar. Dei yngste elevane vil ha privateigd pc/mac, medan dei eldste elevane vil ha fylkeseigd pc. 44

115 Ope nett - investeringar til IT- infrastruktur Føremonane med privateigd pc er klart størst ved innføring av ope nett på skulane. Ei omlegging frå noverande nettløysing til ei open fleksibel løysing krev betydeleg auke i nettkapasiteten ved utbygging av trådlause sendarar. IT- seksjonen reknar investeringsbehovet for naudsynt oppgradering av nettkapasiteten til om lag 18 millionar kroner. IT- seksjonen har basert sine utrekningar for dimensjonering og investeringsbehov etter modell frå den type nettløysingar ein i dag har i universitets- og høgskulesektoren. Dei siste åra har det vore gjort investeringar i infrastrukturen årleg. Brorparten av desse 18 millionane er altså investeringar som ein på sikt uansett må rekne med å ta, men ved ei omfattande omlegging til ope nett der ein også opnar for fleire einingar til kvar elev (t.d. smarttelefon og nettbrett), er det ikkje tilrådeleg å fordele denne investeringa over fleire år. I eit ope nett som har fullt utbygd kapasitet frå første dag, vil elevane både på «gamal» og «ny» ordning i tillegg kunne nytte sine private einingar som nettbrett og smarttelefonar i det opne nettet. Fleksibel og framtidsretta ordning i eit ope nett Noverande pc-ordning har vore ei raus og solid ordning som har sikra at alle elevane har hatt det same grunnleggjande digitale verktøyet i skulekvardagen. Likevel har det vore aukande ytringar særleg frå elevar, men òg frå lærarar og skuleleiarar, om at ordninga er for lite fleksibel og ikkje gir valfridom som opnar fleire moglegheiter i læringsarbeidet. Dette har òg spegla seg i fleire saker i media dei siste åra, der det har vore fokusert på at elevar i dei vidaregåande skulane i Hordaland ikkje har valfridom med tanke på digitalt utstyr. Det er blitt tydelegare at trenden når det gjeld digitale arbeidsverktøy går i retning av auka brukartilpassing. Denne tendensen vert berre forsterka av den store framveksten i bruken av skytenester som mogleggjer bruk av fleire ulike einingar som pc, Mac, nettbrett og smarttelefonar både i arbeidslivet og i skulen. I arbeidslivet og særleg i universitets- og høgskulesektoren er denne tendensen tydeleg. Fleire og fleire arbeidsplassar let arbeidstakarane få gjere eit val i høve til kva digitalt utstyr dei vil nytte i arbeidet. Likskap og standardisert digitalt utstyr har blitt mindre viktig. I dette perspektivet vil ei open fleksibel nettløysing i større grad vere rusta til å takle framtidige endringar i den digitale kvardagen. Den vil og representere ei betre førebuing for elevane med tanke på vidare utdanning og overgang til arbeidslivet. Konklusjon På bakgrunn av ei samla vurdering tilrår fylkesrådmannen at noverande ordning med fylkeseigde elev- pc- ar vert gradvis erstatta av ei ordning med privateigde maskiner. Fylkesrådmannen tilrår at ny ordning vert starta innført frå skolestart 2013/2014. Føremonane med privateigd pc er størst ved samtidig innføring av ope nett, og det er ei målsetjing å få dette på plass ved dei vidaregåande skulen så snøgt som råd. Ei omlegging frå noverande nettløysing til ei open fleksibel løysing krev betydeleg auke i nettkapasiteten ved utbygging av trådlause sendarar. IT- seksjonen reknar investeringsbehovet for naudsynt oppgradering av nettkapasiteten til om lag 18 millionar kroner. I eit ope nett som har fullt utbygd kapasitet frå første dag, vil elevane både på «gamal» og «ny» ordning i tillegg kunne nytte sine private einingar som nettbrett og smarttelefonar i det opne nettet. 45

116 AVTALE OM BRUK AV BERBAR ELEV- PC Hordaland fylkeskommune stiller for bruk i undervisninga, til rådvelde berbar pc med programvare og tilhøyrande utstyr for skuleåra Elevar som vil nytte seg av denne ordninga, må akseptere dei vilkåra som framgår av denne avtalen. Er eleven under 18 år, skal avtalen også underteiknast av føresett. VILKÅR FOR BRUKSRETT 1. Eigenandel for bruk av den berbare elev-pc-en er totalt kr 1 600,-. For elevar på Medium- og kommunikasjonsutdanninga som har fått utlevert ein kraftigare PC, vert prisen totalt kr 2400, kr 800 vil bli fakturert tredje året. Hordaland fylkeskommune er juridisk eigar av PC-en inntil eleven får høve til å overta denne etter avtalen sitt pkt 15 eller Elev-PC, brukarnamn og passord er personlege, og eleven skal syte for at andre ikkje får kunnskap om eller tilgang til desse. 3. Eleven pliktar å ta godt vare på PC-en, transportere han i motteken ryggsekk eller tilsvarande og oppbevare han forsvarleg. 4. Eleven pliktar å ikkje endre eller fjerne installerte og konfigurerte program og funksjonalitetar. 5. Eleven pliktar å følgje dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for bruk av elev-pc. Brot på reglane vert sett på som brot på skulen sitt Ordensreglement, som er å rekna som ein del av denne avtalen. Sjå ordensreglementet på under Meldingar tips. 6. Eleven skal gjere seg kjend med dei etiske nettvettreglane på under Meldingar tips, og følgje desse. 7. Ved mistanke om bruk i strid med desse retningslinene har skulen rett til tilgang til PC-en for å kontrollere bruken av denne. Skulen kan ved behov, t.d. ved mistanke om feil konfigurasjon eller misbruk, når som helst kople utstyr frå datanettverket og eventuelt fjerne det for nærare inspeksjon. 8. Skulen har rett til å krevje PC-en innlevert i samband med feriar for å gjennomføre naudsynte oppgraderingar av programvare og eventuell opprydding på PC-en med tanke på risiko for naudsynt programvare. 9. Skulen har ikkje ansvar for data som er lagra på PC-en. For å redusere risikoen for tap av data bør eleven derfor i størst mogleg grad nytte lagringsplassar som ikkje ligg i maskina. 10. Eleven pliktar å kontakte skulen umiddelbart dersom PC-en eller tilhøyrande utstyr går tapt, vert skadd, øydelagt eller sluttar å fungere. 11. Dersom PC-en vert skadd, øydelagt eller sluttar å fungere som følgje av hendeleg uhell, er utskifting av hovuddelar avgrensa til èin gong per skuleår. Hovuddelar omfattar skjerm (LCD), DVD/CD-ROM-stasjonar, harddisk, hovudkort, prosessor og minne. Tjuveri, brann, tilsikta skade og normal slitasje vert ikkje dekt. Med hendeleg uhell vert her meint einkvar mekanisk eller elektrisk skade på produktet som skuldast ei uventa påkjenning, støt, overbelastning eller ei eller fleire hending(ar), som skjer i utdanningsperioden og som ikkje kunne vore unngått med rimeleg aktsemd og forholdsreglar. Aktlaus eller tilsikta skade eller gjentatt skade eller tap kan føre til at eleven må erstatte PC-en fullt ut. 12. Brot på desse retningslinene kan føre til opphøyr av eleven sin bruksrett til berbar elev-pc etter denne avtalen. 13. Eleven har høve til ikkje å nytte seg av dette tilbodet, men skal då stille til rådvelde ein PC som har den same spesifikasjonen eller betre enn den PC-en skulen tilbyr, og gje skulen rett til å handsame PC-en på dei same vilkåra med unnatak av pkt. 1, 3, 8, 10, 11 og 12. Med same spesifikasjon meiner vi PC med same versjon av Windows operativsystem og anna programvare som fylkeskommunen nyttar. Tekniske spesifikasjonar (harddisk, minne m.m.) skal minimum vere dei same som for dei fylkeskommunale PC-ane. TILBAKELEVERING OG KJØP 14. Etter enda vidaregåande utdanning skal eleven levere attende PC-en med tilhøyrande utstyr i vesentleg same stand som då ho vart utlevert. Dette inneber at skade utover normal slitasje kan føre til k rav om erstatning. Installert privat programvare, private filer og tilleggsutstyr skal vere fjerna av eleven ved innlevering. Skulen har ikkje ansvar for privat programvare, filer og tilleggsutstyr etter innlevering. 15. Elevar som har fullført den vidaregåande utdanninga, eller går over frå vidaregåande utdanning i skole til vidaregåande utdanning i bedrift, og har hatt den same PC-en i minst to år, får rett til å overta PC-en på dette tidspunktet. Før eleven får overta pc-en skal den leverast inn for fjerning av programvare fylkeskommunen eig lisens for. PC-en vert levert attende til eleven med fabrikkimage for Windows programvare. Dette gjeld likevel ikkje dersom PC-en er erstatta med ein ny PC i løpet av den perioden eleven har vore under utdanning. 16. Elevar som ikkje fullfører den vidaregåande utdanninga, skal på tidspunkt for avbrot i utdanninga levere attende PC-en med tilhøyrande utstyr i vesentleg same stand som då han vart utlevert. Dette inneber at skade utover normal slitasje kan føre til krav om erstatning. Etter nærare avtale kan likevel eleven få tilbod om å kjøpe PC-en. Pris vil avhenge av tidspunkt for når utdanninga vart avbroten, jf. Informasjonshefte. Dette gjeld likevel ikkje dersom PC-en er erstatta med ein ny PC i løpet av den perioden eleven har vore under utdanning. Før eleven får overta PC-en skal den leverast inn for fjerning av programvare fylkeskommunen eig lisens for. PC-en vert levert attende til eleven med fabrikkimage for Microsoft Windows 7 operativsystem. 17. Hordaland fylkeskommune har som følgje av endringar i lov og forskrift og/eller endringar i offentlege direktiv og retningsliner rett til å gjere endringar i vilkåra. Nytt blokkbokstavar til utfyllinga Eg stadfestar at eg har lese, forstått og akseptert vilkåra i denne avtalen. Eg stadfestar at eg har lese vilkåra og ønskjer å nytta meg av retten til atterhald, jamfør pkt. 13 Elevnamn Rekningsmottakar Fødselsdato (foresatt) Adresse Adresse Postnr./Poststad Postnr./ Poststad Dato Eleven si underskrift Dato Rektor si underskrift Skulenamn: Dato Føresett si underskrift Det følgjande skal fyllast ut i samband med utleveringa av PC-en. Serienummer: Eg stadfestar at eg har motteke PC-en med serienummeret notert i rubrikken over. Dato Eleven si underskrift Denne avtalen skal fyllast ut i to signerte eksemplar, eit til elev/føresette og eit til skulen.

117 HORDALAND FYLKESKOMMUNE SAKNR. 299/12 MØTEDATO Saksgang Møtedato Saknr Saksordførar Kultur- og ressursutvalet /12 Opplærings- og helseutvalet /12 Samferdselsutvalet /12 Administrasjonsutvalet Fylkesutvalet /12 Fylkestinget /12 Økonomisk handlefridom II Kultur- og ressursutvalet Reidun R. Mjør sette fram slikt på vegner av H, Ap, Frp og V: Nytt pkt. 2 Kultur- og ressursutvalet ønskjer å prioritera friluftsliv og folkehelse. Regional plan for kultur er under arbeid og vil legga føringar for prioriteringar i budsjett og økonomiplan. Røysting Fylkesrådmannen sitt forslag vart samrøystes vedteke. Mjør sitt forslag vart samrøystes vedteke. INNSTILLING: 1. Fylkestinget godkjenner den framlagde tiltaksplanen som grunnlag for vidare arbeid. Fylkestinget vil ta stilling til dei einskilde tiltaka i samband med budsjetta for dei komande åra eller som einskildsaker. 2. Kultur- og ressursutvalet ønskjer å prioritera friluftsliv og folkehelse. Regional plan for kultur er under arbeid og vil legga føringar for prioriteringar i budsjett og økonomiplan. Opplærings- og helseutvalet Natalie Milde sette fram følgjande forslag: «Underpunktet om skole-pc tas ut av prosjekt for økonomisk handlefridom II». Dan Femoen sette fram følgjande forslag til nytt punkt på vegner av H/FRP/V/KRF: Røysting «OPHE vil minne om de nedtrekk opplæring har hatt de siste årene etter «Økonomisk handlefridomprosjekt I», og at dette blir vurdert inn mot Økonomisk handlefridomsprosjekt II». 46

118 Milde sitt forslag fekk 5 røyster (AP + SP) og fall. Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling vart samrøystes vedteke saman med Femoen sitt forslag. INNSTILLING: 1. Fylkestinget godkjenner den framlagte tiltaksplanen som grunnlag for vidare arbeid. Fylkestinget vil ta stilling til dei einskilde tiltaka i samband med budsjetta for dei komande åra eller som einskildsaker. 2. OPHE vil minna om dei nedtrekk opplæring har hatt dei siste åra etter Økonomisk handlefridomprosjekt I, og at dette blir vurdert inn mot Økonomisk handlefridomsprosjekt II. Samferdselsutvalet Røysting Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling vart samrøystes vedteke. INNSTILLING: Fylkestinget godkjenner den framlagde tiltaksplanen som grunnlag for vidare arbeid. Fylkestinget vil ta stilling til dei einskilde tiltaka i samband med budsjetta for dei komande åra eller som einskildsaker. 47

119 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga Arkivsak Arkivnr. 111 Saksh. Moberg, Jannicke Saksgang Kultur- og ressursutvalet Opplærings- og helseutvalet Samferdselsutvalet Administrasjonsutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato og ØKONOMISK HANDLEFRIDOM II SAMANDRAG Fylkestinget ba i desembermøtet 2011 fylkesrådmannen om å etablere eit prosjekt Økonomisk handlefridom II med målsetjing å auke fylkeskommunen sitt handlingsrom i økonomiplanperioden Fylkesrådmannen vart beden om å identifisere tiltak som kan gi inntektsauke/kostnadskutt i storleik 100 mill. kroner i driftsbudsjettet. I denne saka vert innsparingstiltak for perioden skissert. Dei opplista tiltaka summerer seg til 27,7 mill. kr. i 2013, 56,9 mill. kr. i 2014 og 78,2 mill. kr. i Ut over dette legg fylkesrådmannen til grunn at den nye skulestrukturen som fylkestinget skal vedta, vil gje etter måten store innsparingar slik at målsettinga om 100 mill. kr. er mogeleg å nå. Tiltak som får verknad for budsjettet i 2013, er innarbeidd i budsjettgrunnlaget for FORSLAG TIL INNSTILLING: Fylkestinget godkjenner den framlagde tiltaksplanen som grunnlag for vidare arbeid. Fylkestinget vil ta stilling til dei einskilde tiltaka i samband med budsjetta for dei komande åra eller som einskildsaker. Paul M Nilsen fylkesrådmann Paul J Manger kst. organisasjonsdirektør 48

120 FYLKESRÅDMANNEN, : Fylkestinget vedtok i samband med budsjettet for 2012 m.a. følgjande: B: Prosjekt Økonomisk handlefridom II Fylkestinget ber fylkesrådmannen etablera eit prosjekt Økonomisk handlefridom II etter modell av tilsvarande prosjekt i valperioden Målsetjinga med prosjektet er å auka fylkeskommunen sitt handlingsrom i økonomiplanperioden , spesielt sett i høve aukande kapitalkostnader som følgje av lånefinansierte investeringar i planperioden. Prosjektet bør identifisera tiltak som kan gje inntektsauke/kostnadskutt i storleik 100 mill. kroner i driftsbudsjettet. Fylkesutvalet skal fungera som styringsgruppe, og motta milepelsrapportar undervegs i prosjektet. Samla tiltaksplan bør liggja føre for politisk handsaming innan utgangen av Fylkesrådmannen har lagt til grunn at auke av takstane innan samferdselssektoren ikkje skal trekkjast inn som eit aktuelt tiltak i Handlefridom II. Det er vidare lagt som premiss i arbeidet at ingen fast tilsette medarbeidarar i fylkeskommunen vert sagt opp. Organisering av arbeidet Fylkesrådmannen har organisert arbeidet med Handlefridom II i linja, dvs. avdelingsdirektørane svarar for kvar sin del av innsparingane og organiserer utgreiingsarbeidet ved bruk av eigne tilsette eller ved å leige inn ekstern konsulent for enkeltoppdrag. Fylkesrådmannen har og sett ned ei rådgjevande gruppe med deltaking frå dei 4 hovudsamanslutningane samt økonomidirektøren, opplæringsdirektøren og organisasjonsdirektøren. Gruppa har i perioden hatt 4 møte. Fylkesutvalet som styringsgruppe har mottatt milepælsrapportar undervegs i arbeidet i meldingssak 31/12, 70/12, 131/12 og 210/12. Forslag til innsparingar/inntektsauke i økonomiplanperioden Tiltak som får verknad for budsjettet i 2013, er innarbeidd i budsjettgrunnlaget for Alle tal i tabellane vidare i saka er i 1000 kr og viser innsparingar det einskilde året i høve til Innsparing summert for alle avdelingane/sektorane Tannhelse Regional utvikling Opplæring Samferdsel Kultur Organisasjon Økonomi/ renter og avdrag TOTAL Innsparing som følgje av endra skulestruktur er ein føresetnad for at samla årleg innsparing i perioden vert 100 mill. kr. Dei økonomiske følgjene av endra skulestruktur er ikkje talfesta. Dette vert å kome tilbake til i samband med budsjettbehandlinga dei komande åra. 49

121 Sektorvise innsparingstiltak Tannhelsetenesta Nedlegging klinikkar Nedlegging klinikkar Nedlegging etter Refusjon for reiseutgifter Sum Nedlegging av klinikkar Tannhelsetenesta vil i all hovudsak få innsparingar ved ei endring og effektivisering av klinikkstrukturen i fylket. Tannklinikkane i Hordaland vil i framtida bli færre og større. Dette er ein generell tendens både i offentleg og privat sektor, samt i alle andre fylkeskommunar. Innsparing for 2013 er eit resultat av at Sæbøvik tannklinikk, Fotlandsvåg tannklinikk og Strandebarm tannklinikk er nedlagt i I 2013 og 2014 vil ytterlegare om lag 10 tannklinikkar bli føreslått nedlagt. Tannklinikkane som vert foreslått nedlagte, er handsama i fylkesdelplan Tannhelsetenester i Hordaland Alle forslag om nedlegging av tannklinikkar skal i tillegg handsamast i eigne saker. Refusjon for reiseutgifter Tannhelsetenesta er ikkje pålagt å refundere reiseutgifter som pasientar vert påført før/etter tannbehandling. Tenesta har i fleire år likevel som hovudregel dekka utgifter etter NAV sine takstar og regelverk. Refusjonsbeløpa er små og arbeidskrevjande. Ordninga vert foreslått avslutta f.o.m. 2013, jamfør budsjettgrunnlaget for Opplæringssektoren Elev-pc Elev-pc Fylkesrådmannen foreslår i budsjettgrunnlaget for 2013 at elevane frå hausten 2013 skal betala lågaste læremiddelstipendsats i eigendel for elev-pc kvart skuleår. Ordninga til no har vore eigendel over to år. Hausten 2012 er stipendsatsen kr 910. Auka inntekt i 2013 er utrekna til 5,9 mill. kr meir. For budsjettåra 2014 og 2015 er forventa auke i inntekter 4.5 mill. kr og 5.8 mill. kr i høve Ut over dette kjem innsparingar som følgje av fylkestinget sitt vedtak om framtidig skulestruktur (skolebruksplanen). 50

122 Regional utvikling Regionalt utviklingsprogram Driftstilskot til BRB og HOG Energi Tilskot Utdanning i Bergen Regionale tiltakskontor, tilskot Internasjonal seksjon, prosjekt Utviklingsmidlar direktør Driftsbudsjett Reg.avd Ledig stilling Mellombels driftstilskot til prosjekt og org Sum Regionalt utviklingsprogram Kommunal- og regionaldepartementet opnar for at fylkeskommunen kan nytte inntil 5% av dei regionale utviklingsmidlar (73,95 mill. kr i 2012) til å dekke administrasjons- og gjennomføringskostnader ved forvaltninga av midlane. Fylkesrådmannen foreslår å nytte 1 mill. kroner i 2013 og ytterlegare 0,2 mill. kr i Driftstilskot til Business Region Bergen og Hordaland Olje og Energi I budsjett for 2012 er driftstilskotet til Business Region Bergen (BRB) på 2,563 mill. kr og driftstilskotet til Hordaland Olje og Energi (HOG Energi) på kr 1,092 mill. Fylkesrådmannen foreslår ein reduksjon på 0,2 mill.kr til BRB og 0,1 mill. til HOG Energi. Tilskot til Utdanning i Bergen Fylkeskommunen deltar i prosjektet Utdanning i Bergen saman med Universitetet i Bergen og høgskulane i Bergen. Tilskot er kr i Oppgåvene til Utdanning i Bergen handlar no først og fremst om tiltak for å sikre ei god rekruttering av studentar. Innsats for å styrke samhandlinga mellom utdanningsinstitusjonane og omverda har ikkje lenger noko sentral plass i prosjektet. Fylkesrådmannen foreslår at fylkeskommunen trekkjer seg ut av prosjektet med verknad på 0,2 mill. kr. Regionale tiltakskontor, tilskot Fylkeskommunen har i mange år gitt driftstilskot til regionråda sitt tiltaksarbeid. Løyvinga i 2012 er samla på 2 mill. kr, som skal fordelast til seks regionråd/tiltakskontor. Løyvinga medfører at fylkeskommunen gir tilskot til driftskostnader for interkommunale samarbeidstiltak. Fylkeskommunen gir prosjektstøtte (RUP) til næringsutviklingsprosjekt i regi av regionråda. Fylkesrådmannen legg opp til å fase ut det fylkeskommunale driftstilskotet, med reduksjon på 0,5 mill. i 2013 og ytterlegare 0,5 mill.kr i Resterande midlar i løyvinga (1. mill. kr) kan evt. nyttast til særskilte tiltak i regionråda etter søknad, eller fasast heilt ut frå Mellombels driftstilskot til organisasjonar og prosjekt ytterlegare kutt i 2014 Det vil bli lagt fram eiga sak om endringar i løyvingane på denne posten ut over dei konkrete kutta som er lagt inn i budsjettet for Fylkesrådmannen legg opp til kutt på ytterlegare 1 mill. kr frå og med

123 Samferdsel Ruteproduksjon Bergen Ruteproduksjon Hardanger Bestillingstransport Reklame på transportmiddel Innfartsparkering Skuleskyss Sum Ruteproduksjon i Bergen Kjøp av rutetenester er den dominerande kostnaden på samferdselsområdet. I budsjettet for 2012 er det sett av 1,114 milliardar kr til kjøp av bussruteproduksjon. I løpet av 2012 er det føreteke ein mindre reduksjon av ruteproduksjonen for å tilpassa denne til budsjettramma. Reduksjonane er hovudsakleg gjennomført i Bergensområdet. Full verknad av desse reduksjonane får ein i 2013 med 10 mill. kr. Ruteproduksjon i Hardanger Det skal føretakast ein gjennomgang av ruteproduksjonen i Hardanger i samband med opninga av Hardangerbrua. Ein slik gjennomgang bør ha som siktemål å redusera den totale tilskotstrongen i regionen. Fylkesrådmannen legg til grunn at gjennomgangen kan gje ei innsparing på 2,5 mill. kr med effekt frå Bestillingstransport I andre halvår 2012 er det starta opp eit prosjekt som skal utgreia bestillingstransport i distrikta. Det er vanskeleg å talfesta innsparingspotensiale, men fylkesrådmannen legg til grunn at det skal gje ei innsparing på 2,5 mill. kr. Effekten av dette er rekna frå Reklame på transportmiddel Fylkesrådmannen har lagt til grunn at det vil vera mogeleg å henta inn 5 mill. kr i netto reklameinntekter. Det vert lagt opp til at tiltaket kan gje ei slik innsparing frå Det vert lagt fram sak til politisk handsaming. Innfartsparkering Det er nedsett ei tverrpolitisk gruppe frå samferdselsutvalet som skal sjå på temaet innfartsparkering. Vurdering av eigenbetaling vil vera ein del av dette arbeidet. Det vert lagt opp til å fremja ei politisk sak om dette temaet når ein er komen lengre i utgreiingsarbeidet. Sjølv om ein kjem i gong med p- avgift i løpet av 2013 vil det vera oppstartskostnader og såleis ikkje realistisk å rekna med nettoinntekter av dette tiltaket i Det er lagt til grunn ein årleg effekt på 3 mill. kr. frå Skuleskyss Kostnadane til skuleskyss er todelt. Den eine delen gjeld kostnader til skyssopplegg der det ikkje er bussruter eller der eleven ikkje er i stand til å nytta bussruter. Den andre delen er kostnaden til ruteproduksjon som heilt eller hovudsakleg er knytt til skuleskyss. Denne kostnaden inngår som ein del av kostnaden til kjøp av ruteproduksjon. 52

124 Viktige faktorar for skuleskyssen er samordning av skuledagar innan kommunar/regionar og mellom skuleslag. Det er alt teke eit initiativ ovanfor opplæringsavdelinga om samordning, og aktuelle skular er orienterte om dette. Ein er i gong med å kartleggja i kor stor grad skulane har fylgt oppmodinga frå opplæringsavdelinga om meir samordning av skuledagane. Det er lagt til grunn at det er mogleg å spare 2 mill. kr. årleg frå Kulturavdelinga Auka satsar arkeologisk graving Reduksjon lønsbudsjettet Tilskot fylkesidrettsanlegg Tilskot regionale kulturbygg Sum Auka satsar på arkeologisk graving Fylkesrådmannen har foreslått å auke timesatsen frå kr 550,- til kr 700,-. Det gjer auka inntekter på 0,7 mill. kr. Reduksjon lønsbudsjettet 3 stillingar vil innan 3 år bli inndradd som følgje av naturleg avgang. Tilskot til verksemder/institusjonar Tilskot til fylkesidrettsanlegg og regionale kulturbygg vert foreslått redusert frå og med 2014 med 1 mill.kr kvar. Regional plan for kultur er under arbeid og vil legge føringar for prioriteringar i budsjett og økonomiplan Organisasjonsavdelinga Porto og trykkeri IT Driftsbudsjett Retrettstillingar Kjøp av tenester Utvikling og opplæring Sum Porto og trykkeri Papirlaus politisk sakshandsaming, innføring av ipad til alle fylkespolitikarane, medfører ein markant reduksjon i utsending av politiske møtedokument. Nytt dokumenthandteringssystem med fullelektronisk arkiv, vil legge til rette for at større del av utgåande post kan sendast elektronisk. På sikt må ein vurdere om all post frå Hordaland fylkeskommune skal sendast ut elektronisk. 53

125 IT Tiltaket er gjeld reduksjon av vedlikehaldsavtalar og omlegging av driftsrutinar for datasenteret. Tiltaket er risikovurdert og funne forsvarleg. Øvrige tiltak gjeld nedtrekk i diverse budsjettpostar som vert innført i Økonomiavdelinga Belaste prosjekt med relaterte kostnader Belaste prosjekt med relaterte kostnader Eigedomsseksjonen har gått gjennom arbeidsområda for dei einskilde medarbeidarane. Utifrå gjennomgangen kan ein del lønsmidlar belastast investeringsprosjekt og dotterselskap. Overslag tyder på ein effekt på driftsbudsjettet på om lag 3 mill. kr årleg. Sal av eigedomar Fylkesrådmannen foreslår at eigedomar som ikkje lenger er viktige for tenestetilbodet til fylkeskommunen skal seljast. Eigedomsseksjonen har gjort avtale med Fana Sparebank Eiendom AS om eigedomsmeglertenester knytt til gjennomføring av sala. Nedanfor listar fylkesrådmannen opp eigedomar er planlagt selde i perioden prosjektet omfattar. I tillegg vil vedtak i samband med skulebruksplanen verka inn på kva eigedomar som skal seljast. Ved berekning av sparte kapitalutgifter er det nytta 5% rente og avdragsperiode på 25 år Tidligare tannklinikk Olav Bjordals vei Verksemda er overført til ny klinikk på Hesthaugen ved Åsane senter. Bygningen er fråflytt og vert difor foreslått lagt ut for sal. Prisvurdering 3 mill. kr. Ibsens gt. 118 Eigedommen grenser opp til Haukeland Universitetssjukehus og er leigd ut til Helse Bergen fram til Helse Bergen ønskjer ikkje å forlenge avtalen og fylkesrådmannen legg til grunn at eigedomen kan seljast. Prisvurdering 7,5 mill. kr. Enkelttomt Hagavik Tomta på ca. 1 mål ligg midt i bustadområde og vert foreslått seld som bustadtomt. Prisvurdering 0,75 mill. kr. Einebustader Hjeltnes Dette er to bustader som skulen leiger ut til tilsette. Begge eigedomane er utskilde på eiga tomt, og det er tidlegare fremja sak om salet. Salsprosessen er vorten seinka pga tvil om heimel til tomtene. Prisvurdering 2 mill. kr. 54

126 Valen og Handeland gard. Fylkestinget har vedteke at garden vert seld. Prisvurdering 10 mill. kr. som er noko over taksten som føreligg. Valheim skole, del av Laksevåg videregående skole. Sal av Valheim er godkjent av fylkestinget. Salssum 20 mill. kr. Tanks vgs Undervisninga ved skulen flytter til Amalie Skram vgs frå hausten Fylkesrådmannen legg til grunn at skulen skal seljast. Salet er planlagt gjennomført i 2013 med tilbakeleige fram til hausten 2014 slik at den økonomiske effekten for fylkeskommunen først kjem frå hausten Prisvurdering 25 mill. kr. Bustadblokk Voss Som del av oppgjeret etter helsereforma vart denne bustadblokka på Voss verande i fylkeskommunal eige. Bustadblokka er leigd ut til Helse Bergen ut Prisvurdering 7,5 mill. kr. Fylkesrådmannen foreslår å selje bustadblokka. Willy Valentinsvei Den tidlegare Sjøguttskulen på Melkeplassen har vore nytta av Laksevåg vgs til undervisning. Eigedomen står no tom, men kan verte vurdert nytta når Laksevåg vgs skal byggast om. Det er tomta på 15 dekar som har verdi. Prisvurdering 20 mill. kr. Fylkesrådmannen forslår sal. Meland (Leirvik gard) Den gamle husmorskulen med driftsbygning er leigd ut til Meland golfklubb. Grunna uklårt ansvar for vedlikehald er det ønskjeleg å selje bygningane til golfklubben med tilbakekjøpsavtale dersom golfbanen på Meland vert lagt ned. Også andre bygg på Leirvik gard vert vurdert selde. Prisvurdering 10 mill. kr Tomteområde ved Olav Bjordals vei (tidlegare Vestlandsheimen) Etter å ha selt ut bygningsmassen med tilhøyrande tomter sit fylkeskommunen att med 225 dekar tomteland. Arbeidet med kommunedelplan for området er sett i gang og målet er å få det meste av arealet definert som framtidig bustadområde. Prisvurdering 150 mill. kr. Tomt Haukås Fylkeskommunen kjøpte i 2009 ei tomt på 75 mål på Haukås i Åsane. Ca. 45 mål er opparbeidd til bussanlegg og to tomter på knappe 15 mål kvar er grovplanerte. Med tanke på framtidig utviding meiner fylkesrådmannen at den eine tomta bør liggje som ein reserve i fylkeskommunal eige, medan den andre kan seljast. I dag er mykje stein lagra på den tomta og steinen må fjernast før eit sal kan verte gjennomført. Prisvurdering 25 mill. kr Ny skulestruktur Voss. Voss husflidskule og Rogne vidaregåande vert fråflytt når Nye Voss gymnas er klar i 20016/17. Ein del av Rogne vgs inneheld internat som det kan vere aktuelt for fylkeskommunen å leige tilbake. Fylkesrådmannen planlegg å gjennomføre salet ca. 2 år før utflytting med tilbakeleige fram til ny skule opnar. For skuleanlegget på Vatle har fylkeskommunen leigeavtale fram til innflytting på nye Voss gymnas. I skulebruksplanen vert det avklart når avdelinga på Bryn fysisk skal flyttast til Nye Voss vidaregåande skule på Skulstadmo (tidlegare Voss jordbruksskule). Prisvurdering Voss husflidskule: 15 mill. kr. Rogne vgs: 30 mill. kr. 55

127 Effektar på driftsbudsjettet Ved berekning av sparte kapitalutgifter er det som nemnt nytta 5% rente og avdragsperiode på 25 år for å få ein peikepinn på innsparingseffektane som følgje av sala i driftsbudsjettet. Fylkesrådmannen har lagt til grunn at driftsinnsparinga kan takast ut i budsjettet året etter salet er gjennomført. Med desse føresetnadene legg fylkesrådmannen til grunn ei innsparing i 2014 på om lag 6,5 mill. kr og ytterlegare 18 mill. kr i og seinare Fylkesrådmannen har sett på andre eigedomar som kan vera aktuelle for sal etter prosjektperioden for handlefridomsprosjektet. Dette gjeld eit større tomteområde i Hagavik og konsekvensar som følgje av fylkestinget sitt vedtak om framtidig skulestruktur. Tomteområde Hagavik, Os kommune. Fylkeskommunen eig 174 dekar som ligg godt plassert med tanke på sal til bustader. I arealdelen til kommuneplanen er ca. halvparten avsett til bustadformål mens resten er definert som LNF. Ny veg til Os vil auke verdien på området, og ein meiner at eit sal bør vente til nærare opning av vegen. I mellomtida vil ein også utgreie om meir av arealet kan nyttast til bustad. Prisvurdering 75 mill. kr. Forslag til skulebruksplan I planen er det føreslått nedlegging av skuler. Desse skulene kan då seljast. Når skulebruksplanen er handsama politisk, vil ein kome attende med ein plan som synar prisvurdering og tid for sal. Oppsummering Som nemnd i innleiinga har oppdraget vore å skissere tiltak som kan gje inntektsauke/kostnadskutt i storleiken 100 mill.kr. Fylkesrådmannen har konkludert med at dette kan gjennomførast innafor dei ulike avdelingane/sektorane i fylkeskommunen slik (alle tal i 1000 kr.): Tannhelse Regional utvikling Opplæring Samferdsel Kultur Organisasjon Økonomi/ renter og avdrag TOTAL Innsparing som følgje av endra skulestruktur er ein føresetnad for at samla årleg innsparing i perioden vert 100 mill. kr. Dei økonomiske følgjene av endra skulestruktur er ikkje talfesta. Dette vert å kome tilbake til i samband med budsjettbehandlinga dei komande åra. 56

128 HORDALAND FYLKESKOMMUNE SAKNR. 300/12 MØTEDATO Saksgang Møtedato Saknr Saksordførar Kultur- og ressursutvalet /12 Opplærings- og helseutvalet /12 Samferdselsutvalet /12 Fylkesutvalet /12 Fylkestinget /12 Klimaplanens handlingsprogram for 2013 Kultur- og ressursutvalet Tom Sverre Tomren (MDP) sette fram slikt forslag: Pkt 1. Kultur- og ressursutvalet vil påpeke at det er kritikkverdig at fylkeskommunen har hatt markant økning av Co2 utslippene stikk i strid med vedtatte mål om reduksjon. Pkt. 2. klimaplanen bør inneholde formuleringer som synliggjør at 20% av parkeringsplassene skal være tilrettlagt for elbil. Pkt. 3. Trolleybusser bør nevnes som virkemidel. Pkt. 4. Til pkt. 3.1: Fylkeskommunen bør tilstrebe ISO stander 1401 på miljøsertifiseringen av egen drift. Pkt. 5. Til. Pkt. 5.9:..her bør det stå: Sikker og tørr sykkelparkering Pkt. 6. Pkt. 7.7 bør ut av planen da det ikke kan regnes som et klimatiltak. Røysting Fylkesrådmannen sitt forslag pkt. 1 3 vart samrøystes vedteke. Tomren sitt tilleggsforslag pkt 1 vart vedteke med 7 røyster (V, KrF, MDG, Ap og R) Tomren sitt tilleggsforslag pkt 2 fall med 7 røyster (H, Frp og V) Tomren sitt tilleggsforslag pkt 3 vart vedteke med 11 røyster (V, H, KrF, MDG, Ap og R) mot 2 røyster (Frp) Tomren sitt tilleggsforslag pkt 4 fall med 10 røyster mot 3 røyster (MDG, R og KrF) Tomren sitt tilleggsforslag pkt 5 fall med 9 røyster mot 3 røyster (MDG, R og V) Tomren sitt tilleggsforslag pkt 6 fall med 11 røyster mot 2 røyster (MDG og R). INNSTILLING 1. Fylkestinget vedtek Klimaplanens handlingsprogram for 2013 slik det går fram av saka 2 Økonomisk ramme for klimaplanens handlingsprogram for 2013 (klimabudsjettet) blir handsama i Fylkesbudsjettet for Fordeling av midlar frå klimabudsjettet på dei einskilde tiltaka går fram av handlingsprogrammet. Fylkesrådmannen får fullmakt til å gjere nødvendige justeringar i handlingsprogrammet. 4 Kultur- og ressursutvalet vil påpeike at det er kritikkverdig at fylkeskommunen har hatt markant auke av Co2 utslippa stikk i strid med vedtekne mål om reduksjon. 5 Trolleybussar bør nemnast som verkemiddel. 57

129 Opplærings- og helseutvalet Rosalind Fosse sette fram følgjande forslag: «Pkt utgår av handlingsprogrammet.» Røysting Fosse sitt forslag fekk 2 røyster (FRP) og fall. Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling vart samrøystes vedteke. INNSTILLING 1. Fylkestinget vedtek Klimaplanens handlingsprogram for 2013 slik det går fram av saka 2 Økonomisk ramme for klimaplanens handlingsprogram for 2013 (klimabudsjettet) blir handsama i Fylkesbudsjettet for Fordeling av midlar frå klimabudsjettet på dei einskilde tiltaka går fram av handlingsprogrammet. Fylkesrådmannen får fullmakt til å gjere nødvendige justeringar i handlingsprogrammet. Samferdselsutvalet Røysting Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling vart samrøystes vedteke. INNSTILLING 1. Fylkestinget vedtek Klimaplanens handlingsprogram for 2013 slik det går fram av saka 2 Økonomisk ramme for klimaplanens handlingsprogram for 2013 (klimabudsjettet) blir handsama i Fylkesbudsjettet for Fordeling av midlar frå klimabudsjettet på dei einskilde tiltaka går fram av handlingsprogrammet. Fylkesrådmannen får fullmakt til å gjere nødvendige justeringar i handlingsprogrammet. 58

130 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Klima- og naturressursseksjonen Arkivsak Arkivnr. 71 Saksh. Nybø, Karen Louise, Mathisen, Gudrun, Svae, Per, Halsør, Tale, Oseland, Stina Ellevseth Saksgang Kultur- og ressursutvalet Opplærings- og helseutvalet Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato KLIMAPLANENS HANDLINGSPROGRAM FOR 2013 SAMANDRAG Handlingsprogrammet til Klimaplan for Hordaland skal rullerast for Dette er det tredje handlingsprogrammet for Klimaplanen som vart vedteken i Handlingsprogrammet begynner no å finne ei form der ulike aktørar sjølv tek ansvar for ulike delar, t.d. Samferdselsavdelinga og Eigedomsseksjonen i fylkeskommunen og Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen, i varierande grad med løyvingar frå klimaplanbudsjettet. Tiltakslista er blitt meir gjennomarbeidd og mange tiltak bør vidareførast. Det har difor ikkje vore stort fokus på å få inn nye tiltak, sjølv om det har vore opning for det. Ein del tiltak er gjennomførte og nokre få er slått saman eller avslutta. Talet på tiltak vert redusert frå 64 i 2012 til 55 i framlegget for Fylkesrådmannen meiner at ein i seinare revisjonar må satse meir på større tiltak og at talet på tiltak må reduserast ytterlegare. Vidare at ein i seinare revisjonar bør vurdere kva verknad tiltaket har for utslepp og om tiltaket har realistisk mulegheit til å nå målsettinga. Fleire av tiltaka går no over frå planleggingsfase til gjennomføring og vil trenge meir finansiering framover. Fylkestinget løyvde i oktober 2012 (sak 41/12) kr 2 mill. av overskotet frå 2011 til klimaplanen. Midlane vert brukte både i 2012 og 2013 og inngår i klimabudsjettet. Mellom anna vert tiltaka.»miljøvenleg framdrift av ferjer og snøggbåtar», «Infrastruktur for el-bilar» og «LED-teknologi i fylkeskommunal regi» styrkte. 59

131 FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Fylkestinget vedtek Klimaplanens handlingsprogram for 2013 slik det går fram av saka 2 Økonomisk ramme for klimaplanens handlingsprogram for 2013 (klimabudsjettet) blir handsama i Fylkesbudsjettet for Fordeling av midlar frå klimabudsjettet på dei einskilde tiltaka går fram av handlingsprogrammet. Fylkesrådmannen får fullmakt til å gjere nødvendige justeringar i handlingsprogrammet. Paul M. Nilsen Fylkesrådmann Matti Torgersen Konst. regionaldirektør Vedlegg: 1. Forslag til klimaplanens handlingsprogram for Statusrapport frå Kommunane sitt klimaarbeid 4. Bakgrunnsinformasjon til rullering 60

132 FYLKESRÅDMANNEN, : Klimaplan for Hordaland har mål for reduserte utslepp av klimagassar, energibruk/ effektivisering og klimatilpassing. Klimaplan for Hordaland skal reviderast kvart fjerde år og difor skal vi i 2013 har ein meir strategisk gjennomgang av sjølve plandokumentet. Planen seier også at det i 2013 skal haldast ein klimakonferanse for å gjere opp status for klimautfordringane og måloppnåinga i fylket, og politikarane skal underteikne ein protokoll med nye mål. Dette kjem vi tilbake til i Handlingsprogrammet i Klimaplan for Hordaland skal rullerast kvart år. Denne saka har difor både Statusrapport for handlingsprogram 2012 og Framlegg til handlingsprogram for 2013 som vedlegg. Sidan det skjer så mykje på klimafeltet utanom Klimaplan for Hordaland, blir det forsøksvis gitt eit kort oversyn over noko av det som skjer i kommunane i vedlegg 3. Vedlegg 4 presenterer noko statistikk og meir generell klimainformasjon. Gjennomføringa av handlingsprogrammet for 2012 viser at ting byrjar å falle meir på plass. Alt er ikkje lenger nytt og ukjent, men det er framleis store utfordringar. Handlingsprogram 2012 har 61 tiltak delt på åtte tema og vart vedteke av Fylkestinget i desember I framlegget til HP 2013 er det 55 tiltak. Fleire av tiltaka i HP 2012 er spesifikt retta mot fylkeskommunens eigen aktivitet og tilhøyrande verksemder. Denne saka rapporterer frå tiltak både i og utanfor fylkeskommunen. Før saka går inn i tiltaksrapportering, kjem eit oversyn over klimaeffektar av fylkeskommunens kjerneaktivitet. Fylkeskommunen og klimautfordringane Samla utslepp av CO 2 -ekvivalentar frå fylkeskommunal verksemd er her delt i to store postar; utslepp frå kollektivtransport og utslepp frå drift: Sum utslepp frå kollektivtrafikk Sum utslepp frå drift 1 Detaljar i utslepp frå fylkeskommunal drift Oppvarming Kjøring med bil i teneste Flyreiser CO 2-utslepp, tonn Endring ,2% 1 87% 179% -4% -8% ,5 % -18,8 % -20,2 % -12,2 % 18,5 % Kjelde: HFK og fylksekommunens reisebyrå. Kollektivtrafikk Kollektivtransporten er absolutt største utsleppskjelde for fylkeskommunen. Utslepp av klimagass frå drivstoffbruk i kollektivtrafikken auka med 11,5% frå 2010 til For å seie meir om auken i utsleppa, må vi gå inn på dei einskilde transportørane sine aktivitetar. Eksempelvis skuldast auka utslepp hos transportøren Rødne auka produksjon i form av ekstra fredagsruter samt fleire ruter i sommarperioden i Tide Buss og Nobina har ved oppstart av nye anbodspakker i 2011 fått endra vognkrav. M.a. er det krav om at samtlege bussar skal vere utrusta med aircondition-anlegg. Desse anlegga vert drifta av same dieseltank som sjølve bussmotoren, og har såleis ein negativ innverknad på det totale forbruket. 1 Endring i det samla CO2-utsleppet frå kollektivtrafikken er rekna utan 1,9 mill. dieselliter gass hjå Tide i 2010, og utan tala frå Nobina i 2009 og

133 Gjennom anbodsutsettinga av kollektivtrafikken er det lagt til grunn spesifiserte miljøkrav i kontraktane. Eit døme på dette er innkjøp av 81 gassbussar i 2011 til rutepakkene i Bergen nord og sentrum. Det positive ved utskifting av vognparken i samband med anbodsoppstart er at Skyss har stilt krav om motorar med såkalla Euro 5 standard som minimum. Dette har ein betydeleg innverknad på utslepp av t.d. CO 2. I tillegg er det sett inn el-bilar som vert nytta til avløysing for sjåførane, slik sparar ein tomkøyring av bussar fram og tilbake til anlegg på Haukås og Mannsverk. Drift Innanfor driftsoppgåvene, er det oppvarming av bygg og teknisk utstyr som krev mesteparten av energien og som også gir dei største utsleppa av klimagass. Kald vinter i 2010 gjorde at forbruket då gjekk opp og mildare vær i 2011 gjorde at forbruket gjekk kraftig ned igjen. Redusert bruk av oljefyr sto for om lag halvparten av fallet i CO 2 utslepp på 20,2%, svarande til 1414 tonn reduserte klimagassutslepp. Fylkestingets vedtak i desember 2011 om å ikkje nytte oljefyr som grunnlast, men som beredskap og til topplast, kan få ned klimagassutsleppa ytterlegare, men dette vil ikkje vise att før i forbruket for På lenger sikt er det ønskjeleg med mindre energikrevjande bygg slik det også vert kravd i den nasjonale tekniske forskrifta. Dette kan ein oppnå dersom nybygga til fylkeskommunen blir bygde som passivhus, tilsvarande eller betre. Difor er det gledeleg at eigedomsseksjonen har søkt ENOVA om støtte til å greie ut bruk av passivhus- eller lågenergistandard for vidaregåande skule på Skulehaugen, Voss (jfr tiltak 4.7). Dei har allereie fått tilskott til å få utgreidd mulegheitene for å bruke tre i byggearbeidet ein står framfor på både på Skulestadmo og Skulehaugen på Voss. Dette er finansiert av Innovasjon Noreg sitt treprogram, klimaplanmidlar og eigeninnsats (jfr tiltak 4.9) I eksisterande bygg vil energieffektivisering aleine vil gi avgrensa CO 2 reduksjon. Klimatiltak ved renovering og klima- og miljøvenlege nybygg gir større klimagasseffekt. Difor er det gledeleg at eigedomsseksjonen gjer energieffektiviseringstiltak parallelt med rehabiliteringa på Årstad vidaregåande. Om resultatmåling i klimaplanen og klimastatistikk for Hordaland Det er ikkje mogeleg å summere reduserte klimagassutslepp frå alle tiltaka i handlingsprogrammet. Tiltaka har ulike tidsperspektiv og verkar direkte eller indirekte. Det er krevjande å finne system for å prioritere og rapportere. Arealplantiltak som skal redusere transportbehovet og tiltak for å redusere forbruk er minst like viktige som tiltak som gir raske utslippsreduksjonar. Er dei mest kostnadseffektive tiltaka viktigast eller er det dei med største, raske kutt? Korleis kan vi få dei viktigaste tiltaka på menyen til klimaplanens handlingsprogram? Vi treng ei fagleg solid utgreiing som tek omsyn til både klimafotavtrykk, kostnadseffektivitet, styringseffektivitet og naturmangfald. Dette blir eit nytt tiltak i handlingsprogrammet for Det er likevel viktig at vi held blikket på dei overordna måla og ser på kva som skjer i klimasamanheng utanom klimaplan for Hordaland. Tidlegare publiserte Statistisk Sentralbyrå (SSB) tal for energibruk og klimagassutslepp i kommunane og dette kunne samanfattast for fylka. Men sidan tala for 2010 blei lagt fram i 2011, har dei bestemt at kvaliteten ikkje er god nok og difor slutta med den publiseringa. Det næraste vi no kjem med SSB si hjelp er nasjonale tal, som blir lagt fram i vedlegg 4. Men det gjer det enno vanskelegare å kunne dokumentere klimaperspektiv i utviklinga i Hordaland og andre fylke eller kommunar. Delvis som konsekvens av dette har KS, SSB med fleire (M.a. Hordaland fylkeskommune) begynt å jobbe nedanfrå med å få fram tal for aktørar. Mellom anna opplysningar som blir leverte i samband med miljørapportar eller andre kvalitetetssystem. Eit anna blikk på kva som skjer på klimafeltet i Hordaland får vi ved å sjå på opplysningar om kvotepliktige bedrifter i Hordaland, vedlegg 4 62

134 No har alle kommunar utanom Os fått sin eigne klimaplan. Det varierer i kva grad det er aktiv oppfølgjing i form av eit handlingsprogram eller øyremerka midlar. Vedlegg 3 gir nokre døme på arbeidet i kommunane. Tiltak i Klimaplanens handlingsprogram I det følgjande trekkjer vi fram nokre tiltak i handlingsprogrammet som er i gang i 2012 og som vil bli vidareførte i Det er både tiltak internt i fylkeskommunen og tiltak utanom fylkeskommunal verksemd. Døme på fylkeskommunale tiltak i klimaplanens handlingsprogram Tiltak 3.1 Miljøsertifisering av Hordaland fylkeskommune Gjennom tiltak 3.1 har fylkeskommunen fått på plass eit verktøy for miljøstyring ved vidaregåande skular, tannklinikkar og andre einingar. Det har vore eit tre-årig tiltak i Klimaplan for Hordaland,, pr september 2012 var stoda: - Tannklinikkar: Alle er Miljøfyrtårnsertifiserte. - Fylkeshuset er Miljøfyrtårnsertifisert. - Skulane: 2/5 er sertifisert eller meldt opp til sertifisering som Miljøfyrtårn eller Grønt flagg. Det er tett oppfølging av skulane hausten Alle er godt i gang og det er godt von om å få 80 % i mål innan utgangen av OT/PPT: Ein avd. er Miljøfyrtårn sertifisert. Ein avd. er sertifisert som del av fylkeshuset og ein avd. er klar for sertifisering. - Skyss og Bybanen AS: Har gjort delar av miljøsertifiseringa, men er ikkje i gang med systematisk prosess med sikte på sertifisering. Sidan 2010 er det laga Miljørapport for Hordaland fylkeskommune med tal for utslepp av klimagassar frå eigne aktivitetar. Klima- og naturressursseksjonen har vore pådrivar og følgt opp dei ulike einingane sitt arbeid for å bli miljøsertifiserte. Etter kvart får dette arbeidet meir preg av drift. I juni vart systematisk miljøstyring innført i organisasjonen gjennom delegasjonsvedtak hjå fylkesrådmannen. Regionaldirektøren har fått ansvaret for miljøstyringa og har vedteke styringsdokument for dette arbeidet. Tiltak 7.6 LED-teknologi i fylkeskommunal regi Rapporten «LED til belysning» vart levert våren Der blir det m.a peika på potensialet i å nytte LED-lys i spesiallamper i tannhelsetenesta. Fylkestannlegen har allereie skifta ut lyspærene i 20 av dei 220 operasjonslampene med LED. Dette har dei gode erfaringar med og vil gjerne forsere utskiftingane. Dessutan vil dei prøve ut LED-belysning i allmennrom ved tannklinikken på Søråshøgda. Dette arbeidet blir gjort i samarbeid mellom Eigedomsseksjonen og Tannhelsetenesta. Døme på tiltak utanom fylkeskommunal verksemd Tiltak 3.2 Miljøsertifisering av kommunane, pilotprosjekt Voss 31 av 33 kommunar er med i Miljøfyrtårnordninga. Dessutan har dei fleste kommunar miljøsertifisering som tiltak i sine klima- og energiplanar. Voss kommune er i pilot for ny Miljøfyrtårn sertifiseringsordning for kommunar, og samstundes pilot for Hordaland fylkeskommune for å gjere sertifisering av kommunar mindre tidkrevjande og rimelegare. I 2013 vil HFK invitere andre kommunar til systematisk Miljøfyrtårn sertifisering av kommuneadministrasjonen/rådhuset, og at dei går vidare med ytre einingar i Tiltak 4.6 Kompetansesenter for energieffektivisering Prosjektet har fått tilskott for 2012 og det er tilsett ein person ved Høgkolen i Bergen (HiB), Ingeniøravdelinga, Institutt for byggfag. Ho deltek med fast post på frokostmøta for bygg og er aktiv i ulike samanhengar i tillegg til å undervise ved HiB. Prosjektleiar gjer ein god jobb som bindeledd 63

135 mellom kompetansemiljøet ved høgskolen og offentleg og privat verksemd. Ho har opparbeidd kontakt med VGS og er i dialog om fleire ulike prosjekt med dei. Arkitektskulen er også involvert her. Tiltak 5 Hurtiglading for el-bilar Med hurtiglading kan elbilar køyre om lag som ein vanleg bil, berre med 30 minutt stopp kvar tiande mil. Hordaland fylkeskommune, BKK, SKL, Voss Energi, grunneigarar og kommunar har samarbeidd om å bygge hurtiglade-stasjonar i Bergen, Halhjem ferjekai, Leirvik, Dale, Voss og Knarvik i 2011/2012. Transnova har gitt støtte til 5 av dei 6 hurtigladepunkta. Fylkesutvalet har vedtatt utbygging av hurtiglading i Norheimsund, Eidfjord, Odda, Etne, Straume og Matre. Planen er å få dette gjennomført i 2013, slik at den grunnleggande infrastrukturen for elbilar i Hordaland kjem på plass. På initiativ frå Hordaland fylkeskommune har AU i Vestlandsrådet vedteke hurtiglading om lag kvar tiande mil langs E39 frå Stavanger til Kristiansund. Dette er fullført i 2012 frå Stavanger til Bergen. Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylkeskommunar har i 2012 starta arbeidet med sikte på å få etablert dette i sine fylke i Med hurtigladestasjon på Eidfjord i 2013, vert det mogleg å køyre elbil frå Bergen til Oslo over riksveg 7, med hurtiglading om lag kvar tiande mil. Det er også trong for auka utbygging av normalladepunkt og P-plassar for el-bil i samsvar med FUVvedtak 24.mai Tiltak 6.4.b Meir balansert gjødsling med nitrogen Jordbruket stod for 7,8 % av klimagassutsleppa i i form av lystgass og metan frå hhv. fordøyinga til drøvtyggjarane og gjødsel. Då blir det viktig å sjå på kva ein gjer med gjødsla og kva fôr dyra får. Difor har Norsk Landbruksrådgjeving i Hordaland starta eit arbeid med næringsstoff- og klimagassrekneskap på gardsnivå. Dei har starta registreringsarbeid på 10 gardsbruk i Hordaland og har samarbeid med innanlandske og utanlandske fagmiljø. Samarbeid kring handlingsprogrammet Klimarådet har hatt fire møte så langt i 2012: : Ope møte om Høghastigheitutgreiinga, samarbeid med Bergen kommune og Bergen Næringsråd. Nærare 60 deltakarar : Studietur til København og Malmö i MARE-prosjektet : Gjennomgang av utvalte areal- og transporttiltak i klimaplanens handlingsprogram Fråsegn til Finansdept. og SSB om Kommunefordelt klima- og energistatistikk : Rullering handlingsprogrammet, gjennomgang av Mobilitetskontor for Bergen/Hordaland, sykkelbyavtale for Stord og Bergen og ein presentasjon av tiltaksrapporten om naturressursar til biogass for bussar i Hordaland. Klimanettverket har som planlagt hatt to møte i På marsmøtet var temaet Landbruk og klima og på septembermøtet var tema Energi og kommunale bygg. Forslag til handlingsprogram 2013 Handlingsprogrammet begynner å finne ei form der ulike aktørar sjølv tek ansvar for ulike delar, t.d. Samferdselsavdelinga og Eigedomsseksjonen i fylkeskommunen og Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen. Tiltakslista er blitt meir gjennomarbeidd og mange tiltak bør vidareførast. Det har difor ikkje vore stort fokus på å få inn nye tiltak, sjølv om det har vore opning for det. Å ha økonomiske og personalmessige verkemiddel har vore heilt avgjerande for å få den framdrifta vi har hatt. 2 Utrekna frå tab 7-1 i Klimakur

136 Klimarådet har hatt handlingsprogrammet for 2013 som hovudsak på dagsorden i sitt septembermøte. Det har vore ein del møte med næringsliv, organisasjonar og kunnskapsmiljø i tillegg til offentleg sektor i samband med rulleringa av handlingsprogrammet. Tema 1 Samarbeid og verkemiddel Samarbeidet utviklar seg positivt og vi vil fokusere meir på kommunikasjon og tiltaksanalysar i Tema 2 Energi er ei overbygging som er sentral i flesteparten av tiltaka. Det er ikkje eigne tiltak. Tema 3 Forbruk og avfall. Miljøsertifisering av kommunane i Hordaland vil kome enno meir i fokus når vi i 2013 har arbeidet frå Voss som eit godt døme. På avfallsida er det profesjonelle aktørar som tek tak i utfordringane. Tema 4 Bygningar prøver m.a. å få til interkommunalt samarbeid om energieffektivisering i Tema 5 Areal og transport er eit område der fylkeskommunen er dominerande aktør i samarbeid med Statens vegvesen, Fylkesmannen og kommunane. Tiltaka er gjerne langsiktige. Samarbeidet mellom klimasekretariatet, Samferdselsavdelinga og Skyss er i positiv utvikling. Tema 6 Næringsliv. Det har vore eit temamøte med deltakar frå ulike organisasjonar i fylket og det vart fokusert på samanhengen med Regionalt Utviklingsprogram (RUP) som det var ønskje om å utvikle vidare. Det er også ønskje om å sjå på korleis skogsdrifta i Hordaland kan medverke til eit betre klima. Tema 7 Teknologi og klimautvikling viser fleire ulike prosjekt og det er ønskjeleg med meir bruk av utviklingskontraktar. Tema 8 Klimatilpassing blir stadig viktigare og Fylkesmannen har den sentrale rolla. Fylkesrådmannen si vurdering Klimaplanen sitt handlingsprogram for 2013 vert lagt fram til politisk handsaming i desember 2012 samstundes med budsjettet. Klimaplanens handlingsprogram 2013 har 55 tiltak. Eg meiner at ein i seinare revisjonar må satse meir på større tiltak og at talet på tiltak må reduserast ytterlegare. Eg meiner dessutan at ein i seinare revisjonar bør vurdere kva verknad tiltaket har for utslepp og om tiltaket har realistisk mulegheit til å nå målsettinga. Kostnader er stipulerte og gir den økonomiske ramma for aktiviteten. Mange av tiltaka må finansierast frå fleire stader. Fylkesrådmannen har i framlegg til fylkesbudsjett for 2013 ført opp kr. 2,989 mill. til klimaplanen. Det er same sum som for 2012, korrigert for prisvekst. 65

137 Fylkestinget vedtok i sak 41/12 «Rekneskapsoverskot bruk av disposisjonsfondet» å disponere kr. 2 mill. av overskotet frå 2011 til Klimaplanen.. Løyvinga kjem på toppen av den ordinære budsjettposten til klimaplanen og gjer det mogleg å satse ekstra på nokre av dei større tiltaka. Handlingsprogrammet for 2013 inneheld ikkje eit fullstendig budsjett for alle tiltaka, men gir likevel ein god peikepinn på kva for tiltak administrasjonen meiner bør prioriterast. Tiltaka 5.15 Infrastruktur for el-bilar, 5.17 Miljøvenleg framdrift av ferjer og snøggbåtar og 7.6 LEDteknologi i fylkeskommunal regi er mellom dei som er styrkte i Vedtaket kom i oktober og det lar seg ikkje gjere å bruke alle midlane i Ein del vert difor overført til bruk i 2013 I klimabudsjettet er det behov for ein viss fleksibilitet, slik at ein kan fange opp nye mulegheiter og gjere nødvendige justeringar. 66

138 Vedlegg 1 Forslag til Klimaplanens Handlingsprogram 2013 pr 02.november 2012 TEMA 1 Samarbeid og verkemidlar Tiltak 1.1 Klimaråd Hordaland Tiltak 1.2 Klimanettverk Hordaland Tiltak 1.3 Kommunikasjonsstrategi Tiltak 1.4 Effekt av ulike klimatiltak Tiltak 1.5 Fylkespolitikarar som klimaambassadørar Tiltak 1.8 Miljødag i vidaregåande skular TEMA 2 Energi er fellesnemnar for flesteparten av tiltaka lista opp under andre tema. TEMA 3 Forbruk og avfall Tiltak 3.1 Miljøstyring av Hordaland fylkeskommune Tiltak 3.2 Miljøsertifisering av kommunane i Hordaland TEMA 4 Bygningar Tiltak 4.1 Oljefri.no Tiltak 4.3 Regionalt samarbeid om energileiing i kommunane Tiltak 4.4 Klima- og energieffektiv bygging skal vere sentralt i byggfaga i vidaregåande opplæring Tiltak 4.5 Frokostmøte i Bergen og kompetansetilbod i samarbeid med regionråda Tiltak 4.6 Kompetansesenter for energieffektiv og miljøvenleg bygging Tiltak 4.7 Passivhusstandard og alternative energikjelder i fylkeskommunale bygg Tiltak % av den fylkeskommunale bygningsmassen skal rehabiliterast for energieffektivisering årleg i perioden Tiltak 4.9 Klima- og miljøvenlege materiale i fylkeskommunale bygg Tiltak 4.10 Energisparing og meir klimavenleg energibruk hos UiB, Bergen kommune og HFK. Tiltak 4.11 ZEB-prosjektet Tiltak 4.12 Miljøinfrastruktur ved fylkeskommunale verksemder TEMA 5 Arealbruk og transport Tiltak 5.1 Kartlegging av jordressursane i Hordaland Tiltak 5.2 Gode fortettingsprosjekt utanom byane. Eksempelsamling. Tiltak 5.4 Energi som lokaliseringsfaktor for bustader i Bergensområdet Tiltak 5.5 Tilrettelegging for digitale møte i fylkeskommunale bygg Tiltak 5.7 Forsøk med sambruksfelt på Søndre hovudinnfartsåre til Bergen Tiltak 5.8 Pådrivar for redusert reisetid med tog på strekninga Bergen Oslo Tiltak 5.9 Sikker og sentral sykkelparkering ved kollektivterminalar Tiltak 5.11 Pilotprosjekt Gangbar tettstad Tiltak 5.12 Mobilitetsrådgjeving i Bergensområdet Tiltak 5.14 Differensierte bompengar Tiltak 5.15 Infrastruktur for elbilar Tiltak 5.16 Biogassbussar i Hordaland Tiltak 5.17 Miljøvenleg framdrift av ferjer og snøggbåtar Tiltak 5.18 Sykkelbyavtale Bergen og Stord Tiltak 5.19 Mobilitetsplan for fylkeskommunale verksemder Tiltak 5.20 Miljøeffekt av kollektivtrafikk

139 TEMA 6 Næringsliv Tiltak 6.1 Miljøsertifisering av bedrifter Tiltak 6.2 Fôr til oppdrettslaks Tiltak 6.3 Klimaforbetringar i fiskeflåten Tiltak 6.4 Meir balansert gjødsling med nitrogen Tiltak 6.5 Meir fôr frå utmark redusert nitrogenbehov Tiltak 6.7 Biogassproduksjon frå gjødsel Tiltak 6.8 Klimaeffektar av landbruket i Hordaland - utgreiing Tiltak 6.9 Klimapartnar Tiltak 6.10 Betre drenering og mindre jordpakking Tiltak 6.11 Hordaland Bioenergiforum TEMA 7 Teknologi og klimautfordringar Tiltak 7.1 Satsing på teknologiutvikling ved Mongstad Tiltak 7.2 Bruk av naturressursar til fornybar energiproduksjon Tiltak 7.3 Kraftverkskip basert på brenselcelle Tiltak 7.6 LED teknologi i fylkeskommunal regi Tiltak 7.7 Vil Vite - klimateknologi for ungdom Tiltak 7.8 Clean North Sea Shipping TEMA 8 Klimatilpassing Tiltak 8.1 Fagmøte om kartlegging og overvaking av naturmangfald på Vestlandet Tiltak 8.3 FoU-prosjekt plan, beredskap og klimatilpassing Tiltak 8.7 Utgreiing av aktuelle klimatilpassingstiltak i landbruket på Vestlandet med utgangspunkt i Hordaland og fagmøte om klimatilpassing i etterkant. Tiltak 8.8 Klimautfordringar og klimatilpassing i regional plan for folkehelsearbeidet i Hordaland.

140 TEMA 1 Samarbeid og verkemidlar Strategi 1A: Gjennomføring av Klimaplan for Hordaland Delmål 1.1: Effektivt samarbeid om oppfølging og gjennomføring av handlingsprogrammet for Klimaplan for Hordaland Strategi 1B: Utvikle og ta i bruk nye verkemidlar Delmål 1.2: Utvikle og ta i bruk nye verkemidlar for å nå klimamåla Strategi 1C: Kunnskap, kompetanse og samarbeid med særleg vekt på ungdom Delmål 1.3: Ungdom i Hordaland skal ha nødvendig informasjon, kunnskap og kompetanse til å gjere miljøvenlege val som forbrukarar og framtidige produsentar Tiltak 1.1 Innhald Klimaråd Hordaland Klimarådet skal medverke til å nå nasjonale og globale klimamål, måla i Klimaplan for Hordaland og måla i dei kommunale klima- og energiplanane. Klimarådet skal vere ein møteplass for politikarar i Hordaland og ein stad for utveksling av idear og erfaringar med klimaarbeid. Det skal medverke til synergieffektar på tvers av kommunegrenser og forvaltingsnivå og gjere klimafylket Hordaland endå meir synleg, slagkraftig og resultatretta i klimaarbeidet. Klimarådet skal ta opp klimasaker generelt, og spesielt saker av politisk interesse for Hordaland og hordalandskommunane. Det skal ta opp tiltak i Klimaplanens handlingsprogram og kommunale klima- og energiplanar der politisk initiativ kan medverke til betre måloppnåing og resultat. Det kan samarbeide med andre nettverk og fora med tilsvarande føremål Klimarådet er sett saman av politiske leiarar frå: Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune Kommunane i Hordaland representert ved dei interkommunale regionråda Kommunar som ikkje deltek i eit interkommunalt råd i Hordaland Kvart organ peiker ut ein fast representant og ein vararepresentant til å delta i Klimarådet. Fylkeskommunen leiar Klimarådet. Ansvar Hordaland fylkeskommune Samarbeidspartnarar Kommunane i Hordaland Kostnad og finansiering Klimabudsjettet 2013: Sjå 1.2. Klimanettverk Kritiske suksessfaktorar Oppfylle behova som kommunar (og andre) har til å ta opp konkrete problemstillingar og kome med løysingar. Oppstart/ framdrift Starta våren 2011 Tiltak 1.2 Innhald Klimanettverk Hordaland Klimanettverk Hordaland skal medverke til å nå nasjonale og globale klimamål, måla i Klimaplan Hordaland og måla i dei kommunale klima- og energiplanane. Klimanettverket skal medverke til auka kunnskap og kompetanse, utveksling av praktiske erfaringar, utvikling av førebileteprosjekt og beste praksis. Dessutan prøve å dra nytte av synergieffektar på tvers av kommunegrenser og forvaltingsnivå og gjere klimafylket Hordaland endå meir synleg, slagkraftig og resultatretta i klimaarbeidet. Klimanettverket er for fagfolk og administrasjon i Hordaland frå desse organa: Hordaland fylkeskommune, Kommunane i Hordaland Fylkesmannen i Hordaland Kvar kommune peiker ut ein fast, administrativ kontaktperson, dei ordførarane

141 Ansvar som evt ønskjer å delta er også velkomne. Hordaland fylkeskommune Samarbeidspartnarar Kommunane og Fylkesmannen i Hordaland Kostnad og finansiering Kr per år. Hordaland fylkeskommune, klimaplanens budsjett. Kritiske suksessfaktorar Oppfylle behova som kommunar (og andre) har til å ta opp konkrete problemstillingar og kome med løysingar. Oppstart/ framdrift Starta våren 2011 Tiltak 1.3 Innhald Kommunikasjonsstrategi Klimaplanens handlingsprogram inneheld ei lang rekke tiltak som vedkjem nær sagt alle samfunnsområde. Ein kommunikasjonsstrategi bør særleg ta for seg sektorar der fylkeskommunen har sterk påverknad over politikkutforminga. To område peiker seg særleg ut: transport og miljøsertifisering. På samferdselsfeltet har fylkeskommunen ei viktig rolle og kan, viss ein får ulike aktørar til å trekke i same lei, oppnå svært mykje både på kort og lang sikt. Miljøsertifisering er ein arena der fylkeskommunen kan ha stor påverknadskraft. Miljøsertifisering kan vere eit godt verktøy for å oppnå både utslippsreduksjonar, energisparing og økonomiske vinster, men føreset at ein klarer å oppnå at data som vert samla inn legg grunnlag for handling. Måla for kommunikasjonsarbeidet bør i hovudsak vere knytt til at ein faktisk oppnår iverksetting av gode tiltak som gir CO2-reduksjon. Tiltak for å sikre at arbeidet vert synleg i det offentlege rommet må kome som eit resultat av det konkrete arbeidet som gjerast. Målgruppene for kommunikasjonstiltaka vil soleis i hovudsak vere beslutningstakarar i verksemder, både offentlege og private, som må spele ei rolle i gjennomføring av tiltaka. Utforming, konkretisering og iverksetting av ein strategi for kommunikasjon om Klimaplan for Hordaland og klimatiltak må halde fram. Ansvar Hordaland fylkeskommune Samarbeidspartnarar Norsk Klimastiftelse Kostnad og finansiering Kr i 2013, frå klimaplanens budsjett Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Oppstart h-2012 Tiltak 1.4 Effekt av ulike klimatiltak Innhald Tiltaka i handlingsprogrammet har ulike tidsperspektiv og verkar direkte eller indirekte. Det er krevjande å finne system for å prioritere og rapportere. Arealplantiltak som skal redusere transportbehovet og tiltak for å redusere forbruk er minst like viktige som tiltak som gir raske utslippsreduksjonar. Er dei mest kostnadseffektive tiltaka viktigast eller er det dei med største, raske kutt? Korleis kan vi få dei viktigaste tiltaka på menyen til klimaplanens handlingsprogram? Vi treng ei fagleg solid utgreiing som tek omsyn til både klimafotavtrykk, kostnadseffektivitet, styringseffektivitet og naturmangfald. Ansvar Hordaland fylkeskommune, Regionalavdelinga v/klima- og naturressursseksjonen, AUD Samarbeidspartnarar Lyse ut anbod for å sjå kven som kan gjere den beste jobben Kostnad og finansiering Kr frå klimaplanens budsjett Kritiske suksessfaktorar Eit realistisk ambisjonsnivå i høve til kva som er mogleg å måle Oppstart/ framdrift Arbeidet skal gå i 2013

142 Tiltak 1.5 Innhald Fylkespolitikarar som klimaambassadørar Det offentlege bør nytte aktivt si eigarmakt slik at bedriftene prioriterer tiltak som vil bidra til å redusere klimautfordringane. Fylkestingspolitikarar som er oppnemnte styrerepresentantar i bedrifter må få ein gjennomgang av klimaplanen, kva dei kan medverke til i den aktuelle verksemda gjennom å foreslå miljøsertifisering og liknande. Fylkesordførar og varaordførar planlegg eit opplegg der desse perspektiva kan inngå Ansvar Fylkeskommunen v/regionalavdelinga Samarbeidspartnarar Internt Kostnad og finansiering Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Oppstart våren Tiltak 1.8 Innhald Ansvar Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Miljødag i vidaregåande skular Undervisning om klima og miljø er ein integrert del av miljøsertifisering av skulane. Ein tar sikte på å arrangere ein miljødag på alle dei vidaregåande skulane med fokus på klima, som ein del av internasjonal uke i Oppdraget med å planlegge og gjennomføre dagen skal lysast ut på anbod. Hordaland fylkeskommune v/opplæringsavdelinga Hordaland fylkeskommune v/ Klima og naturressursseksjonen. Miljolære.no Kr til konsulent som lager eit opplegg. Klimaplanens budsjett Tilstrekkeleg engasjement hos leiarar i fagutvala, rektorar og lærarar.

143 TEMA 2 Energi Hovudmål for energi: Energibruken skal reduserast og gjerast berekraftig gjennom effektivisering og bruk av ny fornybar energi. Innan 2030 skal energibehovet til alle føremål i størst mogleg grad dekkjast av fornybare energikjelder utan tap av naturmangfald. Energirelaterte tiltak inngår i dei ulike deltema. Tiltak retta mot stasjonær energibruk inngår i Tema 4 Bygningar. Tiltak retta mot mobil energibruk inngår i Tema 5 Areal og transport. Bioenergi inngår i Tema 6 Næringsliv. Tiltak som gjeld energiteknologi inngår i Tema 7 Teknologi. Strategi 2A: Energibruken i Hordaland skal endrast slik at energibruken vert berekraftig og klimavennleg Delmål 2.1: Bruken av energi i hushald, offentleg verksemd og tenesteyting skal vere minst 20% lågare i 2020 enn i Energieffektivisering skal vere førstevalet. Delmål 2.2: Bruken av energi i industrien skal effektiviserast. Energibruk til kvar produsert eining bør i gjennomsnitt reduserast med minst 20 % i 2020 i høve til Delmål 2.3: Spillvarme frå industri skal gjerast tilgjengeleg som energikjelde for anna verksemd. Strategi 2B: Hordaland sin energibruk skal i størst mogeleg grad komme frå fornybare energikjelder Delmål 2.4: Hordaland skal bruke rett energiform til rett føremål. I nybygg over 500m2 skal minst 60% av behovet til oppvarming dekkjast av annan energi enn direkte bruk av elektrisitet og fossile brensel, og innan 2020 skal det aukast til 80%. Delmål 2.5: Bruk av olje og naturgass til stasjonære føremål skal reduserast med 80% innan utgangen av 2013 (i høve til 2007) og vere heilt utfasa i Delmål 2.6: Biobrenselanlegget i Rådalen er viktig i arbeidet med å sanere oljefyringsanlegg i den tettast befolka delen av Hordaland. Fylkeskommunen vil derfor arbeide aktivt for at meir avfall vert tilført anlegget til BIR Delmål 2.7: Det offentlege bør nytte aktivt si eigarmakt slik at bedriftene prioriterer tiltak som vil bidra til å redusere klimautfordringane. Strategi 2C: Hordaland skal vere ein føregangsregion i produksjon av fornybar energi Delmål 2.8: Hordaland vil stimulere til utvikling, produksjon og bruk av nye fornybare energikjelder. Kompetanse, forsking og utdanning på energifeltet skal styrkjast. Verkemidlar må sikre utvikling, produksjon og tilgang til marknad/ sluttbrukar. Delmål 2.9: Hordaland skal produsere energi frå fornybare kjelder og med minst mogleg arealkonfliktar. Ein skal ta omsyn til naturmangfald, friluftslivområde og store landskapsverdiar i fylket. Jf. Fylkesdelplan for små vasskraftverk. Delmål 2.10: Effektivisering og modernisering av eksisterande vasskraftverk Strategi 2D: Hordaland skal ha ei robust, stabil og fleksibel energiforsyning Delmål 2.11: Kraftnettet må ha kapasitet og drift som sikrar høg leveringstryggleik av elektrisitet i Hordaland. Effekttoppane i straumnettet må også kunne dempast på etterspurnadssida for å redusere fare for straumstans i høglastperiodar. Delmål 2.12 : Alle nybygg over 500 m2 skal vere lågenergihus eller passivhus og bør ha vassbåren varme. Delmål 2.13 : Det skal stimulerast til forsøksprosjekt med bygging av lågenergihus og passivhus i område der dette er eigna Strategi 2E: Energioverføring frå produsent til forbruk må skje på ein måte som minimerer energitapet. 1 1 Det er ingen delmål eller tiltak knytt til strategi 2E.

144 TEMA 3 Forbruk og avfall Mål for forbruk: Forbruket i Hordaland skal vere dominert av varer og tenester med lågast mogleg miljøpåverknad, energibruk og klimagassutslepp. Innan 2013 skal veksten i forbruket av klimaskadelege produkt vere relativt lågare enn folketalsveksten i fylket. Frå og med 2020 skal samla forbruk av klimaskadelege produkt gå ned. Mål for forbruk Hordaland fylkeskommune: Hordaland fylkeskommune skal vere i front, stimulere til og bruke varer og tenester som har lågast mogleg miljøpåverknad, energibruk og klimagassutslepp. Mål for avfall: Utviklinga i generert mengde avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten. Mengda avfall til gjenvinning skal aukast til 80 % i Mål for avfall Hordaland fylkeskommune: Innan 2012 skal alle fylkeskommunale verksemder oppfylle krava til miljøfyrtårnsertifisering: kontorverksemder skal kjeldesortere 75 %, tannhelseklinikkar 70 % og skular 60 % av alt avfall. Har vi nådd dette målet? Nytt mål? Strategi 3A: Miljømerking av varer og tenester Delmål: 3.1 Alle varer og tenester med betydelege karbonfotavtrykk som er produserte i Hordaland skal vere miljømerka innan Minst 50 % av importerte produkt og varer skal vere miljømerka i medhald av internasjonal standard innan Alle importerte varer og tenester skal ha klimagassrekneskap for transportfasen innan utgangen av Strategi 3B: Miljøsertifisering av verksemder Delmål: 3.4 Alle offentlege og private verksemder i Hordaland med minst 10 tilsette skal vere miljøsertifiserte innan Minst 25 % skal vere miljøsertifiserte innan utgangen av 2013.Minst 50 % av importerte produkt og varer skal vere miljømerka i medhald av internasjonal standard innan Strategi 3C: Redusere avfallsmengdene Delmål: 3.5 Utviklinga i generert mengde avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten. Frå og med 2020 skal produksjonen av avfall gå ned Strategi 3D: Auke grad av materialgjenvinning og energigjenvinning av restavfall Delmål: 3.6 Mengda avfall til gjenvinning skal aukast til 80 % i Restavfall frå biogassanlegget vert brukt til gjødsel og skal i den grad det er mogleg erstatta kunstgjødsel Strategi 3E: Oppfølging av eksisterande verkemiddel

145 Tiltak 3.1 Miljøstyring av Hordaland fylkeskommune Innhald Dei fleste einingane i fylkeskommunen er miljøfyrtårnsertifiserte innan utgangen av Vidare oppfølging og styring med miljø inngår som ei driftsoppgåve som gjeld alle avdelingar og einingar, på linje med økonomistyring og personalarbeid. Einingane skal resertifiserast kvart 3. år blir det første året med heilårsverknad av denne nye oppgåva, og mykje av innsatsen vil gå med til å skape forståing, utvikle gode rutinar og innarbeide miljø som eit sentralt tema i heile organisasjonen. Ansvar Regionaldirektøren. Klima- og naturressursseksjonen har det operative ansvaret Samarbeidspartnarar Stiftinga Miljøfyrtårn kvart 3. år. Kostnad og finansiering Drift. Særlege utlegg: Klimaplanens budsjett kr i 2013 Kritiske suksessfaktorar Forankring på alle leiarnivå i organisasjonen Oppstart/ framdrift Når Miljøsertifiseringa er fullført. Permanent driftsoppgåve Tiltak 3.2 Innhald Miljøsertifisering av kommunane i Hordaland 31 av 33 kommunar er med i Miljøfyrtårnordninga. Dei fleste kommunar har miljøsertifisering som tiltak i sine klima- og energiplanar. Ansvar Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Starta februar Voss kommune er i pilot for ny Miljøfyrtårn sertifiseringsordning for kommunar, og samstundes pilot for Hordaland fylkeskommune for å gjere sertifisering av kommunar mindre tidkrevjande og rimelegare. I 2013 vil HFK invitere andre kommunar til systematisk Miljøfyrtårn sertifisering av kommuneadministrasjonen/rådhuset, og at dei går vidare med ytre einingar i Hordaland fylkeskommune, kommunane. Stiftinga Miljøfyrtårn Medfinansiering Hfk, klimabudsjett 2011: Kr : kr : kr Politiske vedtak i kommunane. Knappe ressursar i kommunane. Hordaland fylkeskommune må ha kapasitet til å vere pådrivar.

146 TEMA 4 Bygningar Mål for bygningar: Energibruken i bygningsmassen i Hordaland skal reduserast med 20 % innan 2020 i høve til energibruken i Mål for bygningar Hordaland fylkeskommune: Energibruken i fylkeskommunen sin bygningsmasse skal reduserast med 12 % (om lag 2 GWh) innan 2020 i høve til energibruken i 2007 og minst 80 % av varmebehovet skal innan 2013 dekkast av annan energiforsyning enn elektrisitet og/eller fossile brensel. Fossile brensel skal vere heilt utfasa innan 2020 Strategi 4A: Energieffektivisering, energikonvertering, meir miljøvenleg materialbruk Delmål: 4.1 Bruk av fossile brensel i bygningar skal reduserast med 80 % innan utgangen av 2013 og vere utfasa innan Bruk av elektrisitet til å dekke varmebehov i eksisterande bygningar skal reduserast med 10 % innan 2013 og med 20 % innan I nye bygg skal minst 60 % av varmebehovet dekkast av anna enn direkte verkande elektrisitet eller fossile brensel 4.4 Bustadmassen i Hordaland skal ha ein reduksjon i energibehov på 350 GWh fram til Fremje bruk og utvikling av miljøvenlege materiale, produkt og tekniske løysingar med låge klimagassutslepp 4.6 Stimulere til bygging av fleire passivhus og lågenergihus og at eigna bustadområde/tomter vert sette av til dette Strategi 4B: Auka kompetanse og rådgjeving Delmål 4.7 Hordaland skal ha eit komplett og operativt kompetansemiljø på energivenlege bygg og gi råd om energieffektive løysingar til huseigarar, entreprenørar, kommunar 4.8 Hordaland skal verte den fremste regionen innan energi og miljøriktig bustadbygging innan Strategi 4C: Fylkeskommunale bygg Delmål: 4.9 Fylkeskommunale bygg skal vere førebilete på miljø- og klimavenleg bygging og rehabilitering. 1. januar 2010 trådde forskrifta om energimerking av bygningar i kraft. Plikta til å merke bustader og yrkesbygg som skal seljast eller leigast ut gjeld frå 1. juli Energimerking er eit tiltak for å auke bevisstheit om energibruk i bygningar. Fylkeskommunen er i gang med implementering i eigne bygg. Retningsliner for det vidare arbeidet med bygningar i klimaplan for Hordaland 1. Energieffektivisering bør ha førsteprioritet 2. Energikonvertering bør sjåast i samanheng med energieffektivisering. På grunn av forsyningstryggleik knytt til elektrisitet kan det vere lurt å ha behalde oljefyr for spisslast. 3. Bioenergi er ikkje avklart som den optimale framtidige løysinga, men meir som ein overgang, m.a. pga store klimautfordringar knytt til råvara. For tida er leveringstryggleik ei utfordring i Hordaland. 4. Offentlege og private aktørar bør etterspørje teknologi som gir klimavenleg retning. 5. Viktig å sjå energibruken innanfor eit område under eitt og fasilitere kjøp og sal av overskotsenergi (kulde/varme) mellom ulike bygg i nærmarknaden, t.d. ved hjelp av lokale varmesentralar. 6. Viktig kva utstyr ein har inne i bygga. For å senke kjølebehovet i passivhus og andre bygg, treng ein lågenergiutstyr inne i bygget.

147 7. Komfort og verdistigning er ofte viktige faktorar når private skal vurdere tiltak i eigen bustad. Viktig med info til denne gruppa også. 8. Auke bruken av energimålarar til kvar eining kan motivere til energieffektivisering eller andre tiltak. Tiltak 4.1 Innhald Ansvar Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Oljefri.no Naturvernforbundet Hordaland har utvikla klimaprosjektet oljefri.no som gjer det enklare for huseigarar å erstatte parafin og oljefyr med klimavenleg varme og spare energi. Med støtte frå SFT, Miljøverndep. og Olje- og energidep. har Naturvernforbundet Hordaland utvikla ei nettside som listar opp leverandørar. I 2012 vil skal prosjektet kome med spesialtilbod til fleire kommunar i Hordaland. Naturvernforbundet Hordaland Bergen kommune, BKK, Hordaland fylkeskommune, Fjell kommune og nye kommunar som kjem til Totalkostnad kr pr år. Medfinansiering frå Hordaland fylkeskommune, klimabudsjettet:kr i 2009, kr i 2010, kr i 2011, kr i 2012, kr i Er i gong Tiltak 4.3 Innhald Ansvar Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Oppstart 2012 Regionalt samarbeid om energileiing i kommunane Mange kommunar ønskjer seg betre oppfølging av energibruken i eksisterande bygningar og burde kanskje gjere energieffektiviseringstiltak når dei rehabiliterar. Det vil ofte krevje litt ekstra planlegging og investeringskostnadane blir litt høgare, men på sikt løner det seg fordi ein får lågare driftskostnader. Imidlertid kan det vere vanskeleg, spesielt for mindre kommunar, å få tatt tak i slike mulegheiter på eigenhand og drive aktive energileiing. Difor vert det no jobba for å få eit eller fleire regionråd til å fremje slikt samarbeid, noko a la kommunalt samarbeid om innkjøp Regionråd Hordaland fylkeskommune Regionråd/kommunar/Klimaplan for Hordaland/Enova? Kr frå Klimaplanens budsjett Tiltak 4.4 Klima- og energieffektiv bygging skal vere sentralt i byggfaga i vidaregåande opplæring Innhald Fagutvalet for byggfag er involvert for å få til eit opplegg der lærarane på byggfag i vidaregåande skular får kompetanseheving og påfyll når det gjeld klimautfordringar. Høgskolen i Bergen (tiltak 4.6) vil vere ein bidragsytar, t.d. i samband med planleggingsdagar. Det blir jobba med samarbeidsprosjekt mellom HiB og yrkesfag for å heve kompetanse på miljøvenleg bygging og motivasjon for dette. HiB vil legge til rette for klassebesøk frå VGS på Høgskolen i Bergen. Ansvar Hordaland fylkeskommune, Opplæringsavdelinga Samarbeidspartnarar Høgskolen i Bergen Kostnad og finansiering Kr frå Klimaplanen, Hordaland fylkeskommune Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Oppstart 2012

148 Tiltak 4.5 Innhald Ansvar Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Oppstart 2012 Frokostmøte i Bergen og kompetansetilbod i samarbeid med regionråda Å heve kompetanse på miljø- og klimavenleg bygging og motivere for dette har vore målet med Frokostmøta. Møta starta som ein del av Framtidens byer i Bergen. Dei blir haldne i kantina i Bergen Rådhus, ein onsdag pr månad frå kl til kl Talet på frammøtte varierer frå 40 til 100. Etter ønskje frå Klimaråd Hordaland, skal HFK medverke til at det blir tilbudt liknande uformell samlingar for kompetanseheving i ein eller fleire regionar i fylket i Bergen kommune arrangerer saman med Husbanken, Høgskolen i Bergen, Bergen Arkitektskole, Fylkesmannen og Hordaland fylkeskommune. Regionråda Kostnader med frokostmøta i Bergen blir delt mellom arrangørane. For HFK blir det truleg om lag kr for HFK i 2013 Andre aktivitetar i regionane kr Tiltak 4.6 Innhald Kompetansesenter for energieffektiv og miljøvennleg bygging Skal medverke til ei bærekraftig utvikling og utbreiing av energieffektive og miljøvenlege bygningar ved å formidle kjennskap til og kunnskap om desse (m.a. passivhus) og formidle grunnleggande kompetanse til byggherrar, prosjekterande, driftspersonell og utførande. Kompetansesenteret skal vere bindeledd mellom forsking og praksis. Kompetansesenteret skal vere eit regionalt supplement til Enova si sentrale rolle. Kompetansesenteret skal vere sentrum for utvikling av eit solid nettverk av offentlege og private aktørar i byggebransjen og på sikt bli ei arbeidsgruppe med spesialkompetanse på energieffektive og miljøvenlege bygningar. Høgskolen i Bergen har tilsett ein prosjektleiar på feltet. Ho skal fungere som ei energipatrulje som aktivt søkjer mulegheiter for å spare energi i bygningar og medverkar til å initiere pilotprosjekt. Ansvar Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Prosjektleiar starta i Prosjektet er tredelt 1. Utvikling og drift av energi- og klimateknisk laboratorium ved Høgskolen i Bergen 2. Undervisning, forsking og utvikling 3. Informasjonsspreiing og kompetansebygging. Høgskolen i Bergen Bergen kommune, Husbanken, Hordaland fylkeskommune. Har fått midlar frå Husbanken, Bergen kommune og HFk til oppstart. Vidare finansiering er planlagt. 2012: frå klimabudsjettet. 2013: kr Tiltak 4.7 Innhald Passivhusstandard og alternative energikjelder i fylkeskommunale bygg Alle nye, eigne bygg skal frå og med 2013 vurderast bygd med passivhusstandard, tilsvarande eller betre. Alternative energikjelder som solenergi m.m. skal også vurderast. Eigedomsseksjonen peiker i eit notat på at energiforsyning er den store utfordringa:

149 Bygg med vassbårne anlegg: energiforsyning i hovudsak av oljekjel og elektro kjel basert på uprioritert kraft. I bergensområde er ein del skular og fylkesbygget tilkopla fjernvarmenettet til BKK-varme. Det er teknisk muleg å tilkopla bioanlegg til eksisterande varmeanlegg. Bygg utan vassbåren varme. i hovudsak varma opp via panelomnar og dermed utan oljeforbruk. Kan erstattast med vassbårne system som er energiforsynt via varmepumpe, biomasse, fjernvarme eller ev. varme frå solfangar. Følgjande alternativ er aktuelle for å fase ut olje: Fjernvarme førebels berre aktuelt i Bergen. Varmepumper frå luft, sjø, jord. God investering god lønnsemd viss den fungerer optimalt, krev stor kunnskap hos leverandør og driftar. Bioanlegg krev mykje oppfølging. Direkteverkande elektrisitet bør ikkje vere hovudenergikjelda for oppvarming. Solfangarar - Må vurderast på noko lengre sikt. Eigedomsseksjonen må vere trygg på at installasjonane fungerer, få full kontroll på dei som er gjort til no og hauste erfaring med systemløysingar og drift. Framlegg til prinsipp: På kort sikt sikra god verknadsgrad på dei oljekjelane som nødvendigvis må nyttast ennå ein del år både som grunnlast og back-up. Vurdera å få installert ennå eit bio-anlegg på nye skulen på Voss, for om muleg å få etablert eit miljø for bio-anlegg. Som prioritet 1, auke aktiviteten med energieffektivisering gjennom opplæring/kompetanse og iverksetting av Enøk-tiltak i stor stil. Gjerne med mål som er høgare enn i klimaplanen. Aktiv bruk av energioppfølgingssystemet opp mot brukar er viktig for å få henta ut den innsparinga som ligg i den haldningsmessige delen. Når vi på noko lengre sikt ser at dei investeringane vi gjer i varmepumper og bio-anlegg er som forventa, auke investeringstakten i utfasing av olje. Tilknytte mot fjernvarmeanlegg der dette er muleg. Kontinuerleg vurdering av solfangaranlegg og eventuelt sette i gang eit prøveprosjekt på dette. Vere aktiv mot Enova for å hente ut tilgjengeleg hjelp i Enøk-arbeidet. Ansvar Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Fylkeskommunen, ved Eigedomsseksjonen Involverte partar i programmering, prosjektering og utføring av byggeprosjekt Politisk tilslutnad til prinsippa Snarast Tiltak % av den fylkeskommunale bygningsmassen skal rehabiliterast for energieffektivisering årleg i perioden Innhald Energieffektivisering skal vere ein viktig del av rehabiliteringsprosjekta til fylkeskommunen. Eigedomsseksjonen fekk i 2012 påplussing i budsjettet for å ta med energiomsyn ved rehabilitering av eksisterande bygg. Frå 2013 omfattar rehabiliteringsarbeidet både inneklima, energi og universell utforming. Ansvar Fylkeskommunen v/eigedomsseksjonen Samarbeidspartnarar Frå tiltak til tiltak vil ein søkje Enova om tilskott. Kostnad og finansiering Budsjett for 2013 blir trappa opp. Kritiske suksessfaktorar Prioritering i budsjettprosessen i komande år Oppstart/ framdrift Startar 2012

150 Tiltak 4.9 Innhald Ansvar Klima- og miljøvenlege materiale i fylkeskommunale bygg Hordaland fylkeskommune skal fremje bruk av miljøvenlege materiale og produkt med låge klimagassutslepp i eigne bygg. Bruk av helse- og miljøfarlege stoff skal avgrensast til eit minimum. Hordaland fylkeskommune v/eigedomsseksjonen Samarbeidspartnarar Prosjekteringsgruppa knytt til kvart einskild prosjekt. Kostnad og finansiering Uavklart. Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Starta i 2012 Tiltak 4.10 Energisparing og meir klimavenleg energibruk hos UiB, Bergen kommune og HFK. Innhald Vidareutvikle arbeidet med energisparing i eksisterande bygningar i Hordaland. Tre store offentlege eigedomsinnehavarar vil samle erfaringar og vidareutvikle kompetansen i sine driftsorganisasjonar. Med planleggjing og gjennomføring av konkrete tiltak skal energibruken reduserast med 3 MWh til Formidling til andre aktørar i Hordaland. Ansvar Fylkeskommunen v/eigedomsseksjonen. Samarbeidspartnarar Universitetet i Bergen (UiB), Bergen kommune Kostnad og finansiering Totalt 1 mill over to år. Husbanken og Enova i tillegg til samarbeidspartane. Kritiske suksessfaktorar Nok ressursar internt å dei tre organisasjonane til å gjennomføre kompetanseheving og optimalisere energibruken via SD-anlegga Oppstart/ framdrift Starta juni 2011 Tiltak 4.11 Innhald ZEB-prosjektet Zero Emission Buildings (ZEB) er eit forskingssenter for miljøvenleg energi (FME), etablert av OED i 2009 som eit 8-årig forskingsprogram leia av NTNU i samarbeid med Sintef Byggforsk. Senteret består av aktørar frå heile bransjen og skal utvikle produkt og løysingar for eksisterande og nye bygningar som vil føre til marknadsgjennombrot for bygningar med null klimautslepp knytt til produksjon, drift og avhending. ByBo er partnar i ZEB og skal gjennomføre pilotbygging. ByBo var utbyggar for Noregs største passivhusprosjekt til no, Løvåshagen Burettslag i Fyllingsdalen. I ZEB skal ByBo vidareføre pilotbygginga med ambisjonar som gradvis strekk seg frå passivhus mot nullutsleppshus. ZEB vil bygge ut eit pilotområde for 500 nullutsleppsbustader i Bergen. Planlegging er starta for eit område på Ådland i Ytrebygda. Ansvar Zero Emission Buildings, ByBo. Samarbeidspartnarar Konsortiet bak ZEB: NTNU, SINTEF, Statsbygg, Husbanken, Statens Byggtekniske Etat, Norsk Teknologi, Byggenæringens landsforbund m.fl. Kostnad og finansiering Forskingsdelen: Norges Forskingsråd. Kritiske suksessfaktorar At tomtevalet vert endeleg avklart i Kommuneplan for Bergen Oppstart/ framdrift Reguleringsplan er klar for innsending h-2012

151 Tiltak 4.12 Miljøinfrastruktur ved fylkeskommunale verksemder Innhald Tiltaket har samanheng med tiltak 3.1 Miljøsertifisering av alle einingar i Hordaland fylkeskommune. Tiltaket omfattar trygg sykkelparkering under tak (tiltak 5.10 i handlingsprogram 2012), elbilparkering, sentral miljøstasjon (bossrom/skur/plass), lokale miljøstasjonar i bygga (bossbøtter) og teknologi for handtørk. I 2012 har Knarvik vgs vore pilot for lokale miljøstasjonar og Langhaugen vgs for sykkelparkering under tak. I 2012 og 2013 er dette eit forprosjekt med behovsundersøking ved skulane og utarbeiding av ein heilskapleg plan. Gjennomføring av planen vil vere under føresetnad om naudsynt finansiering. Ansvar Hordaland fylkeskommune v/eigedomsseksjonen Samarbeidspartnarar Klima og naturressursseksjonen Kostnad og finansiering Hordaland fylkeskommune. Kr frå klimaplanens budsjett i 2013 Kritiske suksessfaktorar Finansiering Oppstart/ framdrift Planlegging starta i 2012

152 TEMA 5 Arealbruk og transport Mål for arealbruk: Hordaland skal ha ein effektiv arealbruk som reduserer behovet for reising, stimulerer til meir miljøvenleg transport og unngår nedbygging av verdifulle areal. Mål for transport: Utslepp frå mobile kjelder i Hordaland skal reduserast med 20% i 2020 i høve til Utslepp frå vegtrafikk i Hordaland skal reduserast med 20% i 2020 i høve til 1991, og 30% innan Strategi 5A: Meir effektiv arealbruk Delmål: 5.1: Jordressursar: Jordressursane har ei viktig rolle som naturleg karbonlager og buffer mot flaum, og må i størst mogleg grad vernast mot omdisponering. 5.2: Senterstruktur: Stø opp om Hordaland sin senterstruktur. 5.3: Arealplanlegging: Hordaland sine utfordringar på arealbruk skal løysast gjennom kunnskap og samarbeid på tvers Strategi 5B: Digital kommunkasjon Delmål: 5.4: Digitale møte: Innan 2020 skal digitale møte erstatte minst 20 % av arbeidsreisene til offentleg verksemd i Hordaland. Minst 20 % av arbeidsreisene i fylkeskommunen skal innan 2013 erstattast av digitale møte. Strategi 5C: Meir offentleg transport og meir miljøvenleg transport Delmål: 5.5: Talet på reisande med kollektivtransport i Bergensområdet skal auke med 50 % frå 2007 til Det må utviklast strategiar og delmål for å oppnå auke i talet på kollektivreisande i resten av fylket. 5.6: Tog skal vere det mest attraktive reisemiddelet mellom Bergen, Voss og Oslo for personar og godstransport. 5.7: Innan 2020 skal godstransport som går på bane doblast, godstransport på sjø skal aukast med 20 % og godstransport på veg skal reduserast tilsvarande : Innan 2020 skal minst 20 % av persontransport ut av fylket til resten av Sør-Noreg over frå fly til buss og bane. 5.9: Innan utgangen av 2020 skal talet på reiser til fots i Bergensområdet aukast med 50 % (frå 19 % i 2008). I resten av fylket skal det aukast monaleg. 5.10: Delen av reiser med sykkel i Bergensområdet skal auke frå 3 % i 2008 til minst 10 % av alle reiser i I resten av fylket skal det aukast monaleg. Strategi 5D Avgrense biltrafikken Delmål: 5.11: Minst 70 % av alle personreiser i Bergensregionen skal i 2030 skje anten gjennom bruk av kollektivtransport eller vere basert på bruk av fornybar energi. I resten av fylket skal biltrafikken reduserast monaleg. Strategi 5E Redusere utslepp frå køyretøy og fartøy Delmål lette køyretøy: 5.12: Innan 2020 skal minst 20 % av alle lette køyretøy vere ladbare motorvogner. Resterande skal i størst mogleg grad gå på ikkje-fossile drivstoff. 5.13: Alle fylkeskommunale køyretøy skal gå på drivstoff som er mest optimalt i forhold til klima. Delmål tunge køyretøy: 2 I tillegg til fleire tiltak i handlingsprogrammet er følgjande politisk vedtekne satsingar og pågåande arbeid sentrale for å oppfylle delmål 5.7: - Vidare utbygging av Bybanen i Bergen - Fylkesutvalet vedtek på prinsipielt grunnlag å innføre tidsdifferensierte bompengar i Bergen frå (vedtak i FUV-sak 138/10) - Ny rutestruktur på kollektivtransporten som grunnlag for eit meir effektivt og attraktivt rutetilbod - Opprusting av større bussterminalar som t.d. ombygging av Bystasjonen, samt utvikling og oppgradering av terminalar, knutepunkt og haldeplassar til universell utforming - Informasjon til dei reisande og styrking av salskanalar knytt til billettering, som t.d. internett - Etablering av innfartsparkering

153 5.14: Alle tunge køyretøy skal over på meir klimavenlege drivstoffløysingar innan : Ved framtidige anbod på kollektivtrafikk i fylkeskommunen skal det stillast krav til bruk av fornybar energi. 5.16: Det skal innførast ei fylkeskommunal/statleg tiltakspakke med gode intensivordningar for å få fart på satsingar på klimanøytralt drivstoff som elektrisitet og biogass. 5.17: Sjøfartsnæringa i Hordaland skal ta i bruk den mest klimavenlege sjøfartsteknologien, og skal innan 2020 vere den meste berekraftige sjøtransporten i verda. Retningsline 1 Innhald Attbruk av jord Krav til forsvarleg attbruk av jord i reguleringsplanar som legg opp til omdisponering/nedbygging. Dette kan gjerast gjennom føresegner i kvar konkrete plan Retningsline 2 Innhald Lokal senterstruktur fastsetjast i kommuneplan Lokal senterstruktur med kommunesenter, kommunedelsenter og lokalsenter fastsetjast i kommuneplan. Retningsline 3 Innhald Retningsline 4 Innhald Retningsline 5 Innhald Fortetting Langsiktig utbyggingsgrense mot LNF-områda bør fastsetjast i kommuneplan, og fortetting må skje langs alle typar kollektivårer. Lokalisering Ved lokalisering av bustadutbygging og næringsområde bør nærleik til kollektivakse vektleggast. Sikre areal for sykkelvegar i kommuneplanens arealdel Gjennom kommunal planlegging skal det sikrast areal for separate og samanhengande sykkelvegar i ein avstand på minst 5 km ut frå lokalsenter og kommunesenter Tiltak 5.1 Innhald Kartlegging av jordressursane i Hordaland For å få oversikt over jordressursane i Hordaland er det trong for ei heilskapleg kartlegging av dyrka mark. Vi har i dag AR5 (ArealRessurskart i målestokk 1:5 000) som det mest nøyaktige datasettet for å angi og dokumentere arealbruken i landet, dette er kart over dyrka mark, overflatedyrka mark og skog. Det er ikkje eit godt nok verktøy for registrering av jordressursane då dyrkbar jord, bonitet kjem ikkje fram på desse karta. Det er trong for eit informasjonsverktøy for t.d. planlegging og beredskap innanfor utfordringar knytt til matproduksjon, klima og energi. Med eit samla oversyn er det mogleg å følgje med på utviklinga i omdisponering og avgang av dyrka mark. Oversynet må vere tilgjengeleg på internett og er naturleg å integrera i etablerte kartbasar som til dømes kartivest.no. Kartlegginga vil også vere relevant for komande regionale planar, mellom anna regional plan for utbyggingsmønster, arealbruk og transport i Bergensområdet. Det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal finne ut kva informasjon som er tilgjengeleg i dag og kva som evt trengst meir og korleis ein kan samarbeide framover slik at alle får best mogeleg tilgjenge til relevant informasjon. Ein heilskapleg kartlegging av dyrka mark, er det mogleg å få gjort av Skog og landskap. Dei kan gje ei klassifisering ift vegetasjonstypar, jordsmonn, jordkvalitet, miljøregistreringer i skog (MiS). Felles for dei fleste slike delprosjekt som er gjennomført andre stader i landet (sentrale austland) er at dei er ressurskrevjande. Til no har dette arbeidet vore nedprioritert på Vestlandet.

154 Ansvar Fylkesmannen i Hordaland Samarbeidspartnarar HFK, Statens Kartverk, m.fl. Kostnad og finansiering Nasjonale løyvingar, Klimabudsjettet m.m? Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Oppstart 2012 Tiltak 5.2 Innhald Gode fortettingsprosjekt utanom byane. Eksempelsamling. Vi treng gode eksempel på fortettingsprosjekt utanom byane som stør opp under senterstruktur og effektiv arealbruk, for å visa kommunane korleis dette kan gjerast på ein god måte. Det finst eksempel på gode fortettingsprosjekt. Hordaland fylkeskommune vil innhenta relevante eksempel m.a. ved å ta kontakt med utvalde eksterne etatar / kommunar, og utarbeide ei eksempelsamling i form av eit hefte / PDF-dokument. Samlinga skal vere tilgjengeleg på fylkeskommunen sine nettsider og bør vidareformidlast til andre kommunar og konsulentar. Samlinga vil vere ein viktig del av rettleiingsarbeidet. Ansvar Hordaland fylkeskommune, Planseksjonen Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering Kr ,- frå klimabudsjettet 2012 Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Oppstart hausten Ferdigstilling våren 2013 Tiltak 5.4 Innhald Energi som lokaliseringsfaktor for bustader i Bergensområdet Oppvarmingsbehovet i bustader vert påverka m.a. av orientering og soltilhøve, topografi og lokalklima. Lokale fornybare kjelder til oppvarming er m.a. geovarme, varme frå fjord eller innsjø, solfangarar, biovarme (t.d. frå skog eller avfall). Energiomsyn har tradisjonelt vore ein viktig faktor for kor menneske har busett seg. Kunnskapen om lokalklima og tilgang på oppvarmingskjelder har vore naudsynt, men som regel uuttalt eller «taus» kunnskap. Bergensområdet står framfor ein kraftig befolkningsvekst. Det skal m.a. handterast i Regional plan for utbyggingsmønster, arealbruk og transport i Bergensområdet. I samband med planarbeidet er det ønskeleg med ei kartlegging av energimessige eigenskapar/ kvalitetar ved ulike areal og potensielle utbyggingsområde. Ansvar Hordaland fylkeskommune, Regionalavdelinga Samarbeidspartnarar Fylkesmannen, Statens kartverk, UiB/ Bjerknessenteret, kommunane, med fleire Kostnad og finansiering Hordaland fylkeskommune v/regionalavd.. Kr klimabudsjettet i 2013 Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift KVU for Bergensområdet vil vere eit sentralt grunnlag for planarbeidet. Tiltak 5.5 Innhald Tilrettelegging for digitale møte i fylkeskommunale bygg 18 skular og 5 OT/PPT har videokonferanseutstyr. Fylkeshuset har tre møterom med videokonferanseutstyr. Videokonferanse kan arrangerast på tvers av ped.nett, adm.nett og PPT-nett. Berbart streaminutstyr er anskaffa. Utstyret vert oppgradert i 2012 med Smart Boards. I 2013 vil hovudvekta vere på opplæring og tilvenning i kvardagen for å få auka

155 Ansvar bruk av utstyret og mindre reising. Det kan vere aktuelt med ei særskild kampanje med dette formålet. Tiltaket er i samsvar med den nye IT-strategien for Hordaland fylkeskommune. Undersøke i kva grad kommunane i Hordaland har videokonferansemulegheiter og vurdere tiltak. Hordaland fylkeskommune v/organisasjonsavdelinga, IT-seksjonen Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering over klimabudsjettet i 2012 til oppgraderinga. Interne kostnader i Hordaland fylkeskommune i Kritiske suksessfaktorar Tilgang til videokonferanseutstyr og aktiv opplæring og påverknad for å ta utstyret i bruk. Oppstart/ framdrift Starta i Held fram i 2011 og Vidareførast 2013 Tiltak 5.7 Innhald Ansvar Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering Kritiske suksessfaktorar Oppstart/framdrift Forsøk med sambruksfelt på Søndre hovudinnfartsåre til Bergen For å betre framkomsten for kollektivtransport er sambruksfelt på hovudinnfartsårene eit viktig tiltak. Fylkesutvalet og Bergen bystyre har vedteke at det skal gjennomførast forsøk med sambruksfelt, og sambruksfelt er også omtala (på side 9) i byrådserklæring av Arbeidet med innføring av sambruksfelt på dei fire hovudinnfartsårene har vara i fleire år. Med bakgrunn i omsyn til trafikktryggleik er det i fyrste omgang berre aktuelt med eit forsøk med sambruksfelt på søndre innfartsåre (Fjøsangerveien). Det ligg no føre kartleggingsarbeid og analyser av moglege konsekvensar av innføring av sambruksfelt. Per hausten 2012 er Hordaland politidistrikt negativ til innføring av forsøk med sambruksfelt på søndre innfartsåre. Statens vegvesen, Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune arbeider framleis med å få godkjenning for innføring av ei prøveordning med sambruksfelt. Statens vegvesen og Politiet. Vegdirektoratet, Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune. Søndre innfartsåre er eit statleg ansvar og finansieringa må vere statlege midlar Det er avgjerande for iverksetjing av tiltaket at politiet vurderer trafikktryggleiken som tilfredsstillande. Igangverande prosess for å få godkjenning for innføring av forsøk. Tiltak 5.8 Innhald Pådrivar for redusert reisetid med tog på strekninga Bergen - Oslo Flyruta mellom Bergen og Oslo er Europas 3. mest trafikkerte, og kjelde til store inntekter for Avinor. Flytrafikk er også ei stor kjelde til utslepp av klimagassar. For at tog skal kunne erstatte fly som førstevalet for reiser mellom Bergen og Oslo, må reisetida reduserast kraftig. I 2012 kom det fortgang i arbeidet med dobbeltspor på strekninga Arna-Bergen. Det må i 2013 arbeidast for at andre vedtekne tiltak på Bergensbanen blir realiserte: Ringeriksbanen, fleire kryssingsspor, fjerning av plankryss og opprusting av skinnegangen. Dette krev eit kontinuerleg politisk press på sentrale statlege styresmakter, slik at Bergensbanen ikkje vert nedprioritert i høve til det sentrale austlandsområdet. Ansvar Fylkeskommunen er medlem i Forum Nye Bergensbanen. For å styrka aktiviteten inn mot sentrale styresmakter har forumet no tilsett dagleg leiar. Hordaland fylkeskommune

156 Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Tiltak 5.9 Innhald Forum Nye Bergensbanen, Business Region Bergen, Bergen kommune, Bergen Næringsråd m.fl. Drift Starta i 2011, held fram. Sikker og sentral sykkelparkering ved kollektivterminalar Gjennom Bergensprogrammet vert det arbeidd for etablering av sikker sykkelparkering ved kollektivterminalar og andre viktige målpunkt innanfor kommunen. Sikker sykkelparkering er i dag etablert på jernbanestasjonane i sentrum og i Arna i regi av Jernbaneverket, samt ved kollektivterminalen på Nesttun, i regi av Bergen kommune. Det vert også arbeidd med å få etablert sikker sykkelparkering ved Bygarasjen, på Nøstet og ved Lagunen storsenter. Det vert arbeidd med fleire ulike løysingar for sikker sykkelparkering i Bergen sentrum. Ansvar I resten av fylket vil sikker sykkelparkering i hovudsak vera retta mot regionsentra, som ei oppfølging av Regional transportplan sitt tiltak Utvikling av regionsentra som trafikale knutepunkt. Utover dette skal det alltid leggast til rette for sikker sykkelparkering ved etablering av innfartsparkering og ved opprusting av kollektivterminalar. Tiltaket bør sjåast i samanheng med tiltak Hordaland fylkeskommune v/samferdselsavdelinga og Eigedomsseksjonen Samarbeidspartnarar Bergensprogrammet, Kommunane, Statens Vegvesen, Jernbaneverket Kostnad og finansiering Klimabudsjettet: i 2013 Kritiske suksessfaktorar Tilstrekkeleg areal må sikrast i planar og i prosjektering Oppstart/ framdrift Oppstart 2012 Tiltak 5.11 Innhald Pilotprosjekt Gangbar tettstad For å nå målet om auking av reiser til fots må det rettast fokus på god planlegging og tilrettelegging for å oppnå tettstader som er så kompakte at det vert naturleg å gå. Opparbeiding av gangvegar og snarvegar vil vere sentralt. Gjennom pilotprosjekt retta mot ein eller to konkrete tettstader, vil ein få konkrete resultat, gode døme og retta fokus mot meir miljøvenleg transport.. Aktuelle tettstader er Vossevangen og Leirvik, med Granvin som mini-døme. Planseksjonen opprettar kontakt med aktuelle kommunar og utarbeidar prosjektplan i tett samarbeid med kommunen. Kommunen med aktuelle støttespelarar står for den praktiske gjennomføringa på kommunenivå. Planseksjonen vil med støtte frå kommunen vidareformidle erfaringane i frå prosjektet slik at prosjektet kan fungere som døme på korleis tettstadar kan bli meir gangbare. Ansvar Hordaland fylkeskommune ved planseksjonen for prosjektet på overordna nivå. Pilotkommunane for praktisk gjennomføring på kommunenivå. Samarbeidspartnarar Pilotkommunane. Statens vegvesen om relevant for pilotkommunane. Kostnad og finansiering 2013: Kr ,-. Hordaland fylkeskommune, klimabudsjettet Kritisk suksessfaktor Kommunar som ynskjer å vere med i prosjektet, har prosjekt av god nok kvalitet til å kvalifisere for støtte og har kapasitet til praktisk gjennomføring. Interne personalressursar på planseksjonen til oppfølgingsarbeidet. Midlar over klimabudsjettet for å finansiere prosjektet også i Oppstart/ framdrift Oppstart h Held fram i heile 2013

157 Tiltak 5.12 Innhald Mobilitetsrådgjeving i Bergensområdet Mobilitetsrådgjeving har som målsetting å påverke reisa før den starter ved bruk av «mjuke» verkemiddel. Mobilitetsrådgjeving skal ved bruk av informasjon, kampanjar og andre tiltak bidra til overgang frå bilbruk til meir miljøvenleg transport. Arbeidet med å etablere mobilitetsrådgjeving i Bergensområdet er i sluttfasen. Arbeidsgruppa har utarbeidd eit notat der organisering og finansiering av mobilitetsrådgjeving vert drøfta. Klimarådet har fått orientering om arbeidet. Det vil bli lagt fram ei politisk sak. Ansvar Hordaland fylkeskommune v/samferdselsavdelinga Samarbeidspartnarar Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune v/regionalavdelinga, Statens vegvesen, m.fl. Kostnad og finansiering Kr frå Klimaplanen Kritiske suksessfaktorar At det vert avsett tilstrekkeleg med ressursar/kompetent personell frå dei involverte etatane. Oppstart / framdrift 2013 Tiltak 5.14 Innhald Differensierte bompengar Køprising og tidsdifferensierte bompengar er moglege tiltak for å redusera bilbruken i rushtida, men som det ikkje er lokalpolitisk oppslutnad om å nytta i Bergen. Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune har i tiltaksplanen knytt til belønningsavtalen gått inn for å bruke prismekanismen meir direkte mot bruken av køyretøy med høge NO 2 utslepp - ved hjelp av lågutsleppssoner og ev. ved å miljødifferensiera bompengetakstane. Vegdirektoratet har i brev til Samferdselsdepartementet argumentert for at lågutsleppssoner er ei betre ordning enn miljødifferensierte bompengar. Samferdselsdepartementet har avvist Vegdirektoratet sitt forslag til ein heimel for lågutsleppssoner, og har gått i mot å differensiera takstar basert på miljøeigenskapane til køyretøya, implisitt også mot miljødifferensierte bompengar. I St. Prp. nr er det køprising og tidsdifferensierte bompengar som er nemnt som lokale tiltak mot NO 2 utslepp. Det er naudsynt med konsistens mellom bruk av verkemiddel, miljømål og klimamål. Framtidig takstnivå for trafikantbetaling må vurderast kontinuerleg i høve til trafikkutviklinga. Ansvar Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Bergensprogrammet (Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Statens vegvesen) Vegdirektoratet, Samferdselsdepartementet, Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif), TØI, m.fl. Politiske vedtak. Kontinuerleg. Tiltak 5.15 Infrastruktur for elbilar Innhald Med hurtiglading kan elbilar køyre om lag som ein vanleg bil, berre med 30 minutt stopp kvar tiande mil. Hordaland fylkeskommune, BKK, SKL, Voss Energi, grunneigarar og kommunar har samarbeidd om å bygge hurtigladestasjonar i Bergen, Halhjem ferjekai, Leirvik, Dale, Voss og Knarvik i 2011/2012. Transnova har gitt støtte til 5 av dei 6 hurtigladepunkta. Fylkesutvalget har vedtatt utbygging av hurtiglading i Norheimsund, Eidfjord, Odda, Etne, Straume og Matre. Planen er å få dette gjennomført i 2013, slik at

158 den grunnleggande infrastrukturen for elbilar i Hordaland kjem på plass. På initiativ frå Hordaland fylkeskommune har AU i Vestlandsrådet vedteken hurtiglading om lag kvar tiande mil langs E39 frå Stavanger til Kristandsund. Dette er fullført i 2012 frå Stavanger til Bergen. Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylkeskommunar har i 2012 starta arbeidet med sikte på å få etablert dette i sine fylke i Med hurtigladestasjon på Eidfjord i 2013, vert det mogleg å køyre elbil frå Bergen til Oslo over riksvei 7, med hurtiglading om lag kvar tiande mil. Ansvar Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering Det er også trong for auka utbygging av normalladepunkt og P-plassar for el-bil i samsvar med FUV-vedtak 24.mai Hordaland fylkeskommune BKK og Vestlandsalliansen (energiselskap i BKK-gruppen), andre kraftselskap, fylkeskommunar på Vestlandet, Transnova, Statens vegvesen, private aktørar Finansiering: Spleiselag etter avtale. Kostnad for HFK 2012: Fylkeskommunal finansiering 2012: Klimabudsjettet 2012 kr FUV-120/12 sak kr f Frå FT-tilleggsløyving til klimaplanen kr Finansiering frå klimaplanen i 2013: kr Kritiske suksessfaktorar Pådriv frå HFK Oppstart/ framdrift Er i gang frå Tiltak 5.16 Innhald Biogassbussar i Hordaland Skyss har starta opp eit prosjekt som har til hensikt å leggje til rette for at gassbussar kan driftast med biogass. Den 29. august 2012 fatta fylkesutvalet følgjande vedtak i sak 194/12: «Fylkesutvalet ber administrasjonen initiere eit samarbeid med Bergen kommune med det føremål at biogass frå Rådalen kan leverast til gassbussane i Bergen i tråd med reglane om eigenregi». Ansvar Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering Det skal gjennomførast forhandlingar med Bergen kommune. Hordaland fylkeskommune v/samferdselsavdelinga/skyss Bergen kommune Uavklart. Transnova kan vere ei kjelde til finansiering. Kritiske suksessfaktorar Om biogassanlegget vert realisert og at HFK og BK kan einast om vilkåra. Oppstart/ framdrift 2014 Tiltak 5.17 Innhald Miljøvenleg framdrift av ferjer og snøggbåtar Fylkesutvalet vedtok i mai 2012 å starta opp hovudprosjekt for implementering av miljøvenleg framdriftsteknologi i ferje- og snøggbåtdrifta i fylket. Snøggbåtsambandet Kleppestø-Nøstet skal ha prioritet i framdrifta av prosjektet. For snøggbåtruta Kleppestø-Nøstet legg fylkesutvalet til grunn at det skal nyttast forhandla prosedyre som konkurranseform. Fylkesutvalet ber òg fylkesrådmannen gå i dialog med næringsklynga Marin Clean Tech West på korleis eit demonstrasjonsprosjekt for snøggbåtar kan gjennomførast som eit utviklings- og demonstrasjonsprosjekt delfinansiert gjennom det offentlege verkemiddelapparatet. Erfaringane frå prosjektet bør nyttast i utarbeiding av framtidige anbod. På denne måten er dette prosjektet ei konkretisering av tidlegare tiltak 7.4 «Bruk av utviklingskontraktar for

159 Ansvar Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering miljøvenleg teknologi». Hordaland fylkeskommune, Samferdsel Stipulert kostnad 2 mill. kr. Det vil bli søkt om ekstern støtte, m.a. frå Transnova. Kr frå klimaplanens budsjett i Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Prosjektet starta i 2010 og held fram i Tiltak 5.18 Sykkelbyavtale Bergen og Stord Innhald Sykkelbyavtalar er politisk forankra trekantavtalar mellom kommune, fylkeskommune og staten. I Hordaland er Bergen by og Leirvik på Stord valt ut som lokalisering for sykkelbyavtale og medlemmar i det nasjonale sykkelnettverket. Prosessane med å inngå avtale på desse to stadane varierer. I Bergen vil utarbeidinga av ein sykkelbyavtale skje i samanheng med det pågåande arbeidet med mobilitetsrådgjeving. På Stord har partane diskutert innhaldet i avtalen og ein tek sikte på å inngå ein avtale innan Ansvar Statens Vegvesen, Bergen kommune og Stord kommune Samarbeidspartnarar Evt framtidig mobilitetskontor for Bergen/Hordaland og HFK Kostnad og finansiering Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift 2012/2013 Tiltak 5.19 Innhald Mobilitetsplan for fylkeskommunale verksemder Ut frå klimaplanen og miljøsertifisering er det eit mål å få meir miljøvenlege reiser til og frå arbeid og mindre og meir miljøvenlege reiser i teneste. For kvar verksemd er det hensiktsmessig å sjå heilskapleg på dette og utarbeide ein mobilitetsplan. Dvs. ein oversikt over reiseverksemda og tiltak for å nå dei nemnde måla. Det er utarbeidd ein rettleiar for mobilitetsplanar: Attachment Det er vanleg å engasjere eit konsulentfirma i prosessen med å lage mobilitetsplan. I 2013 skal Fylkeshuset vere pilot for slik mobilitetsplanlegging, for å vinne erfaring med m.a. å tilretteleggje for sykling, utprøving av el-sykkel blant dei tilsette og leasing eller kjøp av elbilar. Ansvar Klima og naturressurseksjonen Samarbeidspartnarar Avdelingane i fylkesadministrasjonen Kostnad og finansiering Hordaland fylkeskommune v/ klima og naturressurseksjonen. kr Kritiske suksessfaktorar Finansiering og samarbeidsvilje hjå avdelingane. Oppstart/ framdrift Pilot i 2013

160 Tiltak 5.20 Innhald Miljøeffekten av kollektivtrafikken i Bergensområdet Klimaplan for Hordaland har ambisiøse mål for transportsektoren knytt til dømes til reduksjon i utslepp frå mobile kjelder og auke i talet på reisande med kollektivtransport. Regional transportplan Hordaland, til politisk handsaming hausten 2012, legg opp til eit trendbrot med ny reisemiddelfordeling. Det er behov for kunnskap om kva effekt kollektivtrafikken har på det totale utsleppet frå samferdselsområde. Dette gjeld både lokale (Nox og PM) og globale (klimagassar) utslepp. Skyss ønskjer å etablere eit prosjekt som kan dokumentere miljøeffektane og gje grunnlag for strategiske val i planlegging av kollektivtilbodet i Bergensområdet. Studien vil omfatte følgjande: Status for dagens utslepp frå kollektivtransporten i Bergensområdet, inklusiv buss, bane og båt, med omsyn til eksisterande drivstoff og materiell. Ansvar Skyss Samarbeidspartnarar Regionalavdelinga, Klima- og naturressursseksjonen Kostnad og finansiering Total kostnad ca ,-. Medfinansiering nødvendig for gjennomføring. Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift 2013.

161 TEMA 6 Næringsliv Klimaplanens mål for næringsliv: Bedriftene i Hordaland skal ha låge utslepp av klimagassar og lågt energibruk per produsert eining, innanfor sine bransjar. Innovasjon og nyskaping i bedriftene skal bidra til berekraftige løysingar på klimautfordringane. Ved å medverke til at kommunar og andre offentlege verksemder blir miljøsertifiserte, medverkar Klimaplanens handlingsprogram til at bedriftene møter klima- og miljøkrav frå sine kundar og slik får ytterlegare insentiv til å bli meir klima- og miljøvenlege. Regionalt Utviklingsprogram er hovudverkemiddlet til fylkeskommunen i høve til næringslivet i Hordaland. Innovasjon Norge fokuserer på nyskaping i forvalting av offentlege løyvingar til bedrifter. Regionalt forskingsfond er andre midlar som kan søkjast til slike tiltak. Temaet Teknologi og klimautfordringar har vore meir eksplisitt på nyskapings- og innovasjonsfokus. Energieffektivisering og miljøsertifisering kan begge gi gunstig økonomisk utvikling for verksemder, anten dei er offentlege eller private. Bedrifter i Hordaland nyttar ulike kvalitetssystem og sertifiseringsordningar for å følgje opp desse områda. Slik vil t.d. temakapittelet om bygningar vere relevant for næringslivet. Areal- og transportspørsmål er også sentrale for næringslivet, men dette er altså eigne tema. Og energispørsmålet er fellesnemnar for det meste av klimaplanen. Under tema næringsliv i handlingsprogrammet er landbruk hovudfokus etter at det i den politiske prosessen i 2010 kom inn fleire tiltaksforslag som er vidareutvikla. Landbruk er ein sektor med store klimautfordringar som til dels varierer mellom ulike landsdelar. Sidan landbruk ikkje er inkludert i systemet for klimakvotar som Norge deltek i, er det fornuftig å gjere ekstra tiltak her. Tilsvarande gjeld for marin sektor/fiskeri. Det er ôg nokre generelle tiltak knytt til klimarekneskap for verksemder.. Strategi 6A: Meir miljøvenleg produksjon i Hordaland Delmål 6.1: Flest mogleg private bedrifter i Hordaland skal vere miljøsertifiserte. Minst 25 % av bedriftene med fleire enn 10 tilsette skal vere miljøsertifiserte innan utgangen av Strategi 6B: Klimavenleg utvikling av fiskeri og havbruk i Hordaland Delmål 6.2: Meir klimavenleg fiskeri og havbruk i Hordaland Strategi 6C: Meir klima- og miljøvenleg landbruksproduksjon i Hordaland Delmål: 6.3: Betre utnytting av landbruket sine moglegheiter til å redusere og binde klimagassutslepp i Hordaland. 6.4: Utarbeide eigne tiltak for reduksjon av klimautslepp i landbruket, jf. SFT (2005). Tiltak 6.1 Innhald Ansvar Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Miljøsertifisering av bedrifter Miljøsertifisering av bedrifter er ein måte å få dei til å ta omsyn til klima og miljø. Arrangere seminar for bransjeorganisasjonar om miljøsertifisering av bedrifter, for å motivere dei til ein kampanje overfor medlemsbedrifter. Ev samarbeidsprosjekt med interesserte bransjeorganisasjonar. Hordaland fylkeskommune, Regionalavdelinga Generelt: Næringsalliansen NHO, bransjeorganisasjonar, miljøsertifiseringsordningar, miljøkonsulentar Hordaland fylkeskommune, klimabudsjettet: uavklart Tid og vilje hos dei involverte partane.

162 Tiltak 6.2 Fôr til oppdrettslaks Innhald Klimaprofilen/CO 2 -avtrykket frå oppdrettslaks ved utvikling av meir klimavenleg fôr. Det kan vere fôrutnytting, endring av ingrediensar og andre tiltak. Aktiviteten skal skje i samarbeid med mellom andre UiB, UNI Research og Nordhordland industrinettverk. Det skal lagast sak på temaet til fylkesutvalet, og temaet er tatt med i fylket sitt innspel til ny forskingsstrategi (HAV21) og ny sjømatmelding. Ansvar Hordaland fylkeskommune, Regionalavdelinga: pådrivar Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering RUP midlar Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift 2012 Tiltak 6.3 Innhald Ansvar Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Klimaforbetringar i fiskeflåten Hordaland har ein stor flåte og forbetringar her vil kunne redusere utslepp av CO 2. Det kan kome frå redusert drivstofforbruk og /eller utskifting av utstyr til kjøling av fisk. Starta forstudie Muligheter for innovasjon i fremtidens fiskeflåte saman med dei andre Vestlandsfylka. Fallande innovasjonsrate for teknologi og miljø vil vere negativt i høve berekraftig fiskeri. Hordaland fylkeskommune, Regionalavd., Næring: pådrivar RUP midlar Forstudien blir ferdig hausten Vurderer deretter vidareføring. Tiltak 6.4 Meir balansert gjødsling med nitrogen (N). Innhald Lystgass (N 2 O) er ein klimagass som er meir seigliva enn metan og om lag 300 gonger sterkare enn CO 2. Lystgass vert danna ved nedbryting av nitrogenforbindelsar i jord og lagra husdyrgjødsel under oksygenfattige forhold. Ansvar Betre kunnskap om gjødsling og grovfôrkvalitet vil føre til meir balansert gjødsling med nitrogen. I 2012 starta Norsk landbruksrådgjeving eit prosjekt som set fokus på dette: «Grovfôr i pluss». Med auka fokus på optimal utnytting av næringsstoff basert på surfôranalysar og jordanalysar forventar vi mindre tap at nitrogen i form av ammoniakk og lystgass. Om lag 40 mjølkebruk er med i datainnsamling og innhenta resultat frå desse bruka skal nyttast vidare i prosjektet. Prosjektet er treårig. Også deira prosjekt «NPK- og klimagasssrekneskap på gardsnivå» er relevant. Norsk Landbruksrådgiving Hordaland (NLRH) Samarbeidspartnarar Landbruksrådgjevinga, TINE, Nortura, Bioforsk, Mattilsynet, Universitetet for miljø- og biovitenskap, Hordaland fylkeskommune (HFK) Kostnad og finansiering Budsjettert kostnad om lag kr Finansiering: NLRH, HFK, FMLA og gardbrukarar. I 2013 trengst kr i tilskot frå fylkeskommunen, klimaplanen Kritiske suksessfaktorar Finansiering og informasjon til gardbrukarar om bedriftsøkonomisk nytte slik at ein får stor oppslutnad om tiltaka. Oppstart/ framdrift Oppstart 2012 dersom finansiering. Prosjekt v/nlrh ferdig 2014

163 Tiltak 6.5 Ansvar Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Meir fôr frå utmark redusert nitrogenbehov Målet er både å utvikle gode løysingar med tanke på avrenning og hygiene og ikkje minst at ein vil redusere behovet for nitrogengjødsling ved å hente større del av fôret frå utmark og innmarksbeite. Delmål er å utvikle større samanhengande beiteområde og auke tal beitedyr. Det er også eit delmål å auke kompetanse og informasjon om klima- og miljøvinsten. Arbeidet vert organisert gjennom prosjektet «Landskap i drift II». Det skal jobbast vidare med å utvikle gode løysingar for fôringsplassar utandørs. Fylkesmannen i Hordaland v/landbruksavdelinga Næringsorganisasjonane, LR, Kommunane, Hordaland fylkeskommune Budsjett: 3,61 mill. over tre år. Søkjer fylkeskommunen om 1,4 mill. over tre år. Medfinansiering Klimabudsjett 2013 kr (2012 kr ) (kr i 2011) Tiltak 6.7 Innhald Ansvar Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Biogassproduksjon frå gjødsel Det bør jobbast for å vinne forståing hjå regionale og sentrale myndigheter for at utbygging av bioenergi i Noreg ikkje kan gjennomførast med mindre ein opnar for å gi biovarmeanlegg tilskot (miljøincentiv) også til regulær drift. Nokre aktørar frå Hordaland får høve til å delta på ein studietur til Thüringen i april 2013 for å sjå på eit biogassanlegg for enkeltgardar med frå dyr. Fylkesmannen i Hordaland v/landbruksavdelinga Innovasjon Norge, Hordaland fylkeskommune Uavklart Tiltaket er i gang Tiltak 6.8 Innhald Ansvar Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Klimaeffektar av landbruket i Hordaland utgreiing Hausten 2012 blir det lyst ut eit prosjekt kor ein skal sjå analysere kva klimatiltak som er aktuelle i Hordaland. Analysen skal gi ei brei vurdering av aktuelle klimatiltak i landbruket i Hordaland, klarleggje område der det er trong for vidare forsking og vurdere kostnadseffektivitet der slik kunnskap finst Fylkesmannen i Hordaland, Landbruksavdelinga Temagruppa skal klarere kva som skal takast med i oversynet før arbeidet blir sett i gang. Søkjer kr frå regionalt forskingsfond. Skal matchast av timeinnsats frå Norges Bondelag og midlar frå HFK og FMLA Kr frå Klimaplanens budsjett i 2013 Er i oppstartfase Tiltak 6.9 Innhald Klimapartnar For å stimulere næringslivsaktørar og offentlege verksemder til auka klimasatsing, vil fylkeskommunen finansiere eit forsøksprosjekt med Klimapartnarar i Hordaland, etter modell frå Agder. Klimapartnar-prosjektet i Agder har sidan oppstarten i 2009 vore eit veldig effektivt tiltak for å spreie engasjement og kunnskap på klimafeltet. Ein har også lukkast med å redusere klimagassutsleppa til medlemmane i nettverket.

164 Alle verksemder og organisasjonar som har gjennomført miljøsertifisering (t.d. miljøfyrtårn) er kvalifisert til å bli medlem av Klimapartnar-nettverket. Dei 316 verksemdene i Hordaland som i dag er sertifiserte miljøfyrtårn vil difor få tilbod om deltaking i forsøksprosjektet. Ansvar Hordaland fylkeskommune, Norsk Klimastiftelse Samarbeidspartnarar Klimapartner Agder Kostnad og finansiering Kr frå klimabudsjettet i Kr i Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Hausten 2012 Tiltak 6.10 Innhald Ansvar Samarbeidspartnarar Betre drenering og mindre jordpakking. Der landbruksjorda er vassmetta blir tilført nitrogen omdanna til lystgassutslepp framfor å bli teke opp av gras og andre plantar. Med tilskot til reparasjon av dreneringssystem på mineraljord kan ein både auke produksjonen og redusere dei totale utsleppa av lystgass. Frå 2012 blir noko tilskot til praktisk gjennomføring løyvd over nasjonalt budsjett, men dette er venta å ikkje vere nok i høve til behovet i Hordaland. FMLA vil difor i tillegg søkje om løyving frå Hordaland Fylkeskommune, der FMLA lyser ut og fordeler midlar. Fylkesmannen i Hordaland v/landbruksavdelinga (FMLA) Landbruksrådgjevinga, TINE, Nortura, Bioforsk, Mattilsynet, Universitetet for miljø- og biovitenskap, Hordaland fylkeskommune (HFK) Kostnad og finansiering I første fase 4000 løpemeter grøft til kr Føretaka skal finansiere med kr , HFK med (2012), kommunane med kr og FMLA med kr kr Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Grunna manglande bedriftsøkonomi, særleg på leigejord, er ein avhengig av stort nok tilskot til det enkelte føretaket. Oppstart 2012 dersom finansiering, pågåande i fleire år.

165 Tiltak 6.11 Innhald Hordaland Bioenergiforum Hordaland Bioenergiforum arbeider for å fremje bioenergisektoren i Hordaland. Gjennom nettverksbygging og utveksling av kompetanse. Forumet er opent for alle og her møtest representantar for flis og varmeprodusentar, stat, kommunar, fylke, forsking og næringsliv. Ansvar Kostnad og finansiering Kritiske suksessfaktorar Oppstart/framdrift Starta mai 2011 Effektmål: Auka berekraftig produksjon i Hordaland av biobrensel, bioenergi/biovarme og biogass. Dette gjeld både skogsvirke avfallstrevirke og organisk avfall. Det kan omfatte biodrivstoff (både flytande og gass), flis/briketttar, pellets, biologisk avfall og leveransar av biovarme, bioel og evt. biodrivstoffproduksjon.. Produktmål: Ein bioenergisektor i Hordaland fylkemed stor grad av samspel, openheit og erfaringsutveksling. Auka kompetanse innan bioenergisektoren og heilt konkret 2-3 nettverkstreff/synfaringar og studieturar pr år (der dei fleste vil vere dagsmøte). Osterfjord Næringssamarbeid Hordaland Bioenergiform vert støtta økonomisk i 3 år frå 2012 med RUP-midlar frå Hordaland fylkeskommune

166 TEMA 7 Teknologi og klimautfordringar Strategiane under delkapitlet har fokus på Hordaland fylkeskommune sitt handlingsrom for å medverke til teknologiutvikling i miljø- og klimavenleg retning. Tiltaka er formulert av fylkestinget og vil i mange høve ha trong for ei nærare konkretisering. For tiltak under dette temaet er det i hovudsak fagavdeling hos fylkeskommunen som er ansvarleg for oppfølging. I nokre høve er det naudsynt med prinsippsak lagt fram for politisk avgjerd for val av teknologisk løysing, ved andre høve kan avdelingane sjølv direkte ta klimaomsyn ved ordnære innkjøp og ved anbodsutforming. Nokre tiltak er flytta til andre temaområde der ein har liknande satsingar. Strategi 7A: Teknologiutvikling og forsking Delmål 7.1: Hordaland fylkeskommune vil nytte verkemidla i Innovasjon Noreg, såkornfond og forskingsfond til å stø utviklinga av miljøteknologiske løysingar og forsking på miljøteknologi, klimakunnskap og kunnskap om effektiv verkemiddelbruk. Hordaland bør ha som målsetjing å verte best i Europa på bruk av brenselceller på ulike område. Strategi 7B: Teknologiovergang Delmål 7.2: Hordaland fylkeskommune vil nytte den til ein kvar tid best tilgjengelege teknologi som gjev minst utslepp per produsert eining, sett i eit heilskapsperspektiv. Strategi 7C: Kunnskap og rekruttering Delmål 7.3: Hordaland fylkeskommune vil auke kunnskapen om naturfag og klimaendringar og auke rekrutteringa til naturfag. Tiltak 7.1 Innhald Satsing på teknologiutvikling ved Mongstad Den nye industriinkubatoren på Mongstad Industriutvikling Vest har som føremål å utvikle ny lønsam forretningsverksemd med utgangspunkt i aktivitetane på Mongstad spesielt og Nordhordland / Bergensregionen generelt. Samarbeidsavtale med Fylkeskommunen til Industriutvikling Vest har tatt inititativ til å opprette eit kurs- og kompetansesenter tilpassa behovet til industrien i området. Fylkestinget vedtok , sak 72/11, at Hordaland fylkeskommune vil prioritere utvikling av ytterlegare miljøteknologibedrifter i tilknyting til den nye teknologien med Testsenteret på Mongstad. Arbeider med dette, m.a. i form av ein ARENA-søknad som skal sendast i Ansvar Hordaland fylkeskommune og HOG-Energi Samarbeidspartnarar Offentlege, kommersielle aktørar og verkemiddelapparat Kostnad og finansiering Hordaland fylkeskommune har støtta inkubatoren med kr i 2011 (RUPmidlar) og har som intensjon å støtte den med ca 1 mill kr pr år i perioden 2012 til Andre offentlege og private samarbeidspartnarar. Kritiske suksessfaktorar Tilstrekkeleg interesse og finansiering frå samarbeidspartnarane Oppstart/ framdrift Starta i 2010 Tiltak 7.2 Innhald Ansvar Bruk av naturressursar til fornybar energiproduksjon Stimulere til berekraftig bruk av naturressursar til auka produksjon av fornybar energi slik som småkraftverk, pilotanlegg for bioenergi og offshore vind. Det blir arbeidd med kompetansesenter for småkraftverk både i Samnanger og Hardanger. Bioenergiforum Hordaland er oppretta og er blitt eige tiltak. Hordaland fylkeskommune v/næringsseksjonen

167 Samarbeidspartnarar Partnarar i Regionalt Næringsforum, kommunar og verksemder Kostnad og finansiering Hordaland fylkeskommune v/næringsseksjonen (driftsmidlar) Kritiske suksessfaktorar Gode søknader om tiltak Oppstart/ framdrift Oppstart h-2010 Tiltak 7.3 Innhald Ansvar Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering Kraftverkskip basert på brenselcelle Tiltaket er under arbeid: eine delen er eit forskingsprosjekt for å utvikle eit hybridanlegg for større el-produksjon om bord i skip - Electrical Power Supply Ship (EPS) andre delen er eit forprosjekt for å avklare rammene for å kunne plassere eit slikt skip på Bergen hamn. Hordaland Maritime Miljøselskap AS/ HOG Energi Bergen kommune, Bergen og Omland Havnevesen, Hordaland fylkeskommune, mfl. Kostnad for forskingsdelen er kalkulert til 20 mill. kr kor forskingsrådet har innvilga 4,2 mill. kr til delvis finansiering. Kostnaden for den andre delen er 1,7 mill. kr og det er søkt om finansiering frå mellom anna Bergen kommune, Bergen og Omland Havnevesen og Hordaland fylkeskommune. Hordaland fylkeskommune løyvde den 8. november 2011 kr til forprosjektet på Bergen Hamn. Midlane er henta frå budsjettet for Regionalt utviklingsprogram Kritiske suksessfaktorar. Oppstart/ framdrift Forprosjekta blir truleg ferdigstilte i Tiltak 7.6 Innhald Ansvar Kostnad og finansiering Kritiske suksessfaktorar Oppstart/framdrift Hausten 2012 LED teknologi i fylkeskommunal regi Det er starta eit todelt pilotprosjekt for LED-lys i tannklinikkane. LED-lys har lenger levetid enn vanlege lyspærer og mindre wattstyrke for tilsvarande lysmengd. Dermed blir det også mindre varmeutvikling og ein kan spare kjølekostnadar. Første del er eit pilotprosjekt for allmennbelysning i tannhelsetenesta sine lokale. Fokus er på LED i allrom; gangar, lunsjrom og liknande. Andre del dreier seg om dei spesialiserte operasjonslampene ved tannlegekontora. Tannhelse har skifta ut 20 av desse 220 operasjonslampene med LED med gode resultat og reduksjon av både energibruk og avgitt varme. Kvar lampe kostar om lag kr Hordaland fylkeskommune, Tannhelsetenesta og Eigedomsseksjonen Fylkeskommunens budsjett Kr frå Klimaplan for Hordaland i 2012 og kr i 2013 Tiltak 7.7 Innhald Ansvar Kostnad og finansiering Vilvite - klimateknologi for ungdom Vilvite kan vere ein port til naturfagsinteresse og klimakunnskap: Alle elevar i vidaregåande skule bør ha vore igjennom eit besøk på VilVite med fokus på klima i løpet av tida på vidaregåande skule. Ansvar for vurdering, konkretisering og iverksetting av tiltak samt tilbakemelding til politisk nivå vert lagt til Opplæringsavdelinga. Hordaland fylkeskommune v/opplæringsavdelinga Kr frå Klimaplanen til VGS i 2013 etter søknad

168 Tiltak 7.8 Innhald Koordinering av EU/ Interreg - prosjektet Clean North Sea Shipping (CNSS) I perioden 2010 til og med 2013 har fylkeskommunen ansvar for koordinering av CNSS, - eit prosjekt med 16 partnarar frå 6 land rundt Nordsjøen. Ansvar Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering CNSS fokuserar på klimagassutslepp og luftforureining frå skip, blant anna ved å kartlegge luftkvalitet i hamner og hamneområder. Partnerskapet i prosjektet omfattar hamner, bedrifter, offentlege organisasjonar, kunnskaps- og forskingsmiljø. Målet er å fremje miljøteknologi og foreslå politikk som kan bidra til reduserte klimautslepp, mindre luftforureining frå skip og følgeleg betre helse for folk i hamneområder og nærliggande bymiljø. Prosjektet har sitt utspring i Interreg 4C North Sea Region Programme, og har 3 arbeidspakker som fokuserer på ulike sider ved luftutslepp. Desse er "Policy and Strategy", "Clean Shipping Technology" og "Implementation of Reduction / Handling Emission". Meir informasjon om prosjektet er tilgjengeleg på web-sidene Regionalavdelinga, Næringsseksjonen Hordaland fylkeskommune, Telemark fylkeskommune, Bergen kommune, Bergen og Omland Havnevesen, Bergenshalvøens Komm. Kraftselskap AS, Gasnor AS, Free and Hanseatic City of Hamburg (DE), Port of Antwerp (BE), Shipbuilders & Shiprepairers Association (UK), University of Newcastle upon Tyne (UK), Institute for Coastal Research, HZG (DE), Germanischer Lloyd (DE), DCMR Environmental Protection Agency (NL), Harlingen Seaport (NL), Groningen Seaports (NL), Swedish Marine Technology Forum (SE). Totalramma for prosjektet er på om lag 31 mill. kr. Kvar av partnarane bidrar med 50 % av kostnadane for sine budsjett. I tillegg blir 50 % finansiert av EU gjennom European Regional Development Fund. Kritiske suksessfaktorar Oppstart/ framdrift Prosjektet er i gang og vil avslutte ved utgangen av 2013

169 TEMA 8 Klimatilpassing Mål for klimatilpassing: Hordaland skal vere mest mogleg budd på klimaendringane. Klimatilpassing skal baserast på føre-var-prinsippet, forsking og kunnskap om lokale tilhøve. Strategi 8A: Kunnskapsutvikling Delmål 8.1: Klimatilpassing i Hordaland skal baserast på relevant og oppdatert kunnskap Strategi 8B: Sikre bygningar, vegar og annan infrastruktur samt biologisk mangfald Delmål: 8.2 Eksisterande offentlege bygg, anlegg og infrastruktur i Hordaland skal innan 2020 sikrast i høve negative effektar av klimaendringar. 8.3 Nye offentlege og private bygg, anlegg og infrastruktur i Hordaland skal frå og med 2013 berre etablerast i område utan kjent risiko for negative effektar av klimaendringar Minimere tap av biologisk mangfald som følgje av klimaendringar. Strategi 8C: Klimatilpassing av naturbaserte næringar Delmål 8.5: Naturbaserte næringar (landbruk, havbruk, fiskeri, fornybar energiproduksjon og reiseliv), skal førebu seg på klimaendringar og gjere naudsynte omstillingar/tilpassingar. Strategi 8D: Implementering av klimatilpassing i arbeidet med folkehelse og sosiale tilhøve Delmål 8.6: Hordaland skal vere ein sunn, trygg og inkluderande region å leve i uansett klimaendringar Tiltak 8.1 Fagmøte om kartlegging og overvaking av naturmangfald på Vestlandet Innhald Klimaendringar vil endre naturmangfaldet i Hordaland og resten av verda. Nasjonale kartleggings- og overvakingsaktivitetar må i tilstrekkeleg grad femne om Hordaland og resten av Vestlandet, for å sikre eit godt referansegrunnlag for studiar av endringar i naturmangfaldet som følgje av klimaendringar. Fylkesmannen i Hordaland vil i samarbeid med Hordaland fylkeskommune samle representantar for relevante fagmiljø og forvaltningsmynde, for å utforme og drøfte regionale innspel til dei nasjonale kartleggings- og overvakingsprogramma. Tiltaket vil bli nærmare konkretisert i møte mellom HFK og FMHO fjerde kvartal Ansvar Fylkesmannen i Hordaland, miljøvern- og klimaavdelinga Samarbeidspartnarar Direktoratet for naturforvaltning, Hordaland fylkeskommune, kommunane, Universitetet i Bergen, Havforskningsinstituttet med fleire Kostnad og finansiering Inntil kr for sjølve fagmøtet. Finansiering: Spleiselag 50/50 mellom Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommune, klimabudsjettet Kritiske suksessfaktorar God oppslutning frå fagmiljø og kommunar Framdrift Gjennomførast i løpet av 2013.? Tiltak 8.3 Innhald Ansvar Samarbeidspartnarar FoU-prosjekt plan, beredskap og klimatilpassing Prosjektet vil m.a. analysere korleis plansystemet fungerer i høve til førebygging av klimarelaterte naturskadehendingar og utforme forslag til korleis ein gjennom lokal og regional planlegging kan handtere ein framtidig situasjon med eit endra klima på ein betre måte Vestlandsforsking Hordaland fylkeskommune v/regionalavdelinga, Sogn og fjordane fylkeskommune, m. fl. Kostnad og finansiering Finansiering: Uavklart. Kr frå klimaplanens budsjett i 2013 Framdrift 2012 og vidare. 3 Unntak kan gjerast dersom ein kan dokumentere verknadsfulle og miljøvenlege sikringstiltak.

170 Tiltak 8.7 Innhald Utgreiing av aktuelle klimatilpassingstiltak i landbruket på Vestlandet med utgangspunkt i Hordaland Behov for klimatilpassing i landbruket gir mange felles utfordringar på Vestlandet, og FMLA-Hordaland har avklart samarbeid med Fylkesmennene i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det skal lagast ei utgreiing om klimatilpassing i vestlandslandbruket for fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. Ansvar Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering Utgreiinga skal m.a. ta utgangspunkt i NOU 2010:10 og relevante forskingsrapportar, og skal også gi ei samanstilling av juridiske moglegheiter og avgrensingar, plikter og rettar i aktuelt lovverk med tilhøyrande føresegner, inkl. jordlova, naturmangfoldloven og skogbrukslova. Utgreiinga skal presenterast på fagmøte for å belyse ulike aspekt, moglegheiter og avgrensingar som Hordalandslandbruket står overfor i møte med klimaendringane. Fylkesmannen og fylkeskommunen utarbeider rammer for møta i Hordaland og oppnemner ein programkomité. Komiteen skal førebu og bidra under gjennomføringa av fagmøta. I programkomiteen skal det inngå representantar for næring (inkl. næringsorganisasjonar), forvaltning og forsking. Fylkesmannen i Hordaland v/landbruksavdelinga Hordaland fylkeskommune v/regionalavdelinga Finansiering: FMLA Møre og Romsdal FMLA Sogn og Fjordane FMLA Hordaland HFK Hordaland Dei andre to fylkeskommunane Kritiske suksessfaktorar Tilstrekkeleg finansiering. Framdrift Mål at utgreiinga skal vere ferdig første halvår Utgreiinga må ferdigstillast før fagmøta Tiltak 8.8 Innhald Klimautfordringar og klimatilpassing i regional plan for folkehelsearbeidet i Hordaland Klimautfordringar og klimatilpassing må omhandlast i regional plan for folkehelsearbeidet i Hordaland. I planprogrammet (vedteken i fylkesutvalet ), står det på side 7 at I tillegg må vi sjå på kva effektar klimaendringar kan ha på folkehelsa. Det skal mellom anna takast utgangspunkt i arbeidet NOU 2010:10 Tilpassing til eit klima i endring. Sjå også Klimaplan for Hordaland , kap Ansvar Samarbeidspartnarar Kostnad og finansiering Kritiske suksessfaktorar Framdrift Hordaland fylkeskommune v/regionalavdelinga Fylkesmannen i Hordaland v/helse- og sosialavdelinga Drift At prosjektgruppa til folkehelseplanen har tilstrekkeleg interesse for og kunnskap om helseeffektar av klimaendringar Så snart som mogleg.

171 VEDLEGG 4 BAKGRUNNSINFORMASJON - RULLERING AV KLIMAHANDLINGSPROGRAM Notatet under gir eit oversyn over sentrale utviklingsmoment i utslepp av klimagassar i Noreg og i Hordaland, og er meint som eit bakteppe for rullering av Klimaplan for Hordaland sitt handlingsprogram. Statistisk sentralbyrå er i ferd med å utvikle ein ny metode for rapportering av klimagassutslepp og energibruk og oppdaterer av den grunn ikkje lenger data for utslepp frå transport, oppvarming og liknande på kommune og fylkesnivå. Vi har difor ikkje lenger tal som skildrar energibruken eller utviklinga for klimagassutslepp i Hordaland. For kvotepliktig sektor rapporterer bedriftene årleg til Klima-og forurensingsdirektoratet (Klif), vi har difor data for akkurat denne delen av utsleppa i Hordaland. Notatet fokuserer av den grunn på kvotepliktig sektor og generelle nasjonale trendar. Generell utvikling Det var ein generell nedgang i norske utslepp i 2011, som endte på det lågaste nivået sidan 1995, om vi ser bort i frå kriseåret Ein del av nedgangen skuldast at 2011 var eit rekordvarmt år og utslepp frå fyring og energiforsyning vart lågt. Denne reduksjonen er med andre ord ikkje permanent. Utsleppa frå olje- og gassutvinning har også sunke dei siste åra. Den tidlegare sterke veksten i utslepp frå vegtrafikk har stagnert. Vi ser likevel ei stor auke i utslepp frå energiforsyning, som inkluderer varmekraftverk og fjernvarme og dette vedkjem Hordaland i særleg grad. Storparten av utsleppa frå Hordaland kjem frå industrien ved Mongstad og Kollsnes. I 2011 var Hordaland ansvarleg for nesten tretti prosent av dei nasjonale utsleppa frå landbasert industri, ein oppgang frå tjue prosent i Industrien i Hordaland Fordi det er kvoteplikt for industrien har vi detaljerte data for den delen av utsleppa som inkluderer energiforsyning. Energiforsyninga er særleg relevant for Hordaland fordi her ligg kraftverket på Mongstad. Men industriutsleppa kjem også frå Statoil sitt raffineri her. Til saman sto Hordaland for utslepp av om lag 2,5 millionar tonn CO2 frå kvotepliktig sektor, som er nesten tretti prosent av utslepp frå landbasert industri i Noreg i Det er ein auke frå tjue prosent i Ein annan del av energiforsyninga som har hatt ein vekst dei siste åra er utslepp frå fjernvarme. Fjernvarmen nyttar i hovudsak spelvarme frå bossbrenning til å lage varme, men i tillegg nyttar anlegga olje og gass når det er særleg kalde dagar eller det er feil i anlegget, sokalla topplast. Denne delen av utsleppa er kvotepliktige, og utsleppa herfrå ser vi i tabellen under. I 2013 er utsleppa frå fjernvarme i Hordaland venta å tilsvare tonn CO2.

172 Kvotepliktige klimagassutslepp i Hordaland Ein kvote tilsvarar utslepp av eitt tonn CO 2. Bedrift BKK Varme AS BKK Produksjon AS Statoil ASA Mongstad varmekraftverk Gasnor AS Gassco AS Kollsnes gassanlegg Statoil ASA Stureterminalen StatoilHydro ASA Raffineri Mongstad Totalt Klimakvotar Som eit verktøy for å nå norske forpliktingar i høve til FNs mål om reduserte klimagassutslepp, er Norge er tilslutta EU sitt system for klimakvotar; Emissions Trading System (EU ETS). Dette inkluderer 30 land. Om lag førti prosent av norske utslepp er i dag kvotepliktige. Kvoteplikta er lagt på sektorar med store punktutslepp, det vil seie industri og petroleumsverksemda offshore. At dei er kvotepliktige vil seie at dei må ha godkjende kvotar for utsleppa dei har, og desse kvotane kan dei skaffe eller selje på den europeiske marknaden for klimakvotar. I tillegg får somme bedrifter vederlagsfrie kvotar frå den norske staten og dei kan kjøpe kvotar frå prosjekt i land i eller utanfor EU. Frå 2013 blir fleire bransjar og klimagassar omfatta av kvotesystemet enn i dei to førre kvoteperiodane ( og ). Andelen av dei norske utsleppa som blir omfatta av kvotesystemet vil i tredje kvoteperiode ( ) utgjere omlag 50 prosent. 1 Då vil 2013 vil fleire sektorar og bedrifter ta del i kvotemarknaden, til dømes luftfart og aluminiumsindustri og petrleumssektoren skal få gratis kvotar istadenfor at dei må kjøpe klimakvotar slik som i dag. Men landbruk, fiskeri og internasjonal skipsfart er framleis utanfor EU ETS.. Kvotemarknaden gir likare konkurransevilkår for industrien i Europa ved at prisen for å sleppe ut klimagassar er den same for alle bedriftene som er med. På den måten får vi eit system som gir kostnadseffektivitet mellom landa innanfor utsleppssektorane som er med. EU ETS utstedar kvotar tilsvarande eit gitt utsleppsnivå og marknaden avgjer prisen. Kvoteprisen har no falle til eit så lågt nivå at det kan vere vanskeleg å finne så rimelege tiltak som reduserer klimagassutslepp at det lønner seg å gjere tiltak som reduserer utslepp av klimagassar.. For å lukkast med effektive utsleppsreduksjonar frå sektorar som er kvotepliktige, må kvotar tilsvarande utsleppsreduksjonar i desse bedriftene vert sletta frå det nasjonale kvoteregisteret, slik at det totalt sett vert færre kvotar i omløp. Opphavsgaranti Med fylkeskommunens høge elektrisitetsforbruk er det interessant sjå på klimagassutsleppa som knyter seg til dette forbruket. 95,3% av norsk strømproduksjon kom frå vannkraft i CO 2 -kvoter/

173 Men dersom ein ikkje har kjøpt opphavsgaranti for elektrisiteten, kan ein ikkje automatisk rekne sitt eige forbruk som fornybart. NVE utsteder såkalla varedeklarasjonar for umerka straum levert til sluttbrukarar i Norge og deklarasjonen syner at vanleg, umerka straum kjøpt i Norge i 2011, skal reknast som å kome 45% frå varmekraft med fossile brensel og 32% frå kjernekraft, og berre 23% frå fornybar kraft som vann- og vindkraft. Dersom ein norsk forbrukar ikkje kjøper opphavsgarantiar, endar ein opp med å kjøpe elektrisitet med den såkalla norske residualmiksen. Figur: Varedeklarasjon for kunder som ikkje kjøper kraft det er innløst opphavsarantiar for basert på residualmiksberegning frå RE- DISS prosjektet. Kjelde: NVE. 2 Kraftprodusentar sel krafta si til straumleverandørar som sel vidare til lokale energikonsumentar, men fordi krafta går inn på eit anonymt nett, er det også ein marknad for opphavet til krafta. Kraftprodusent kan selgje såkalla opphavsgarantiar separat frå sjølve krafta. Dette er eit teoretisk produkt der også aktørar i utlandet kan få kjøpt dei fornybare eigenskapane ved norsk vannkraft utan at dei må få kraften dei bruker overført frå Norge. I Noreg er marknaden for slike opphavsgarantiar lite og dei fleste vert selde ut av landet. I 2011 vart opphavsgarantiar tilsvarende 98,1 TWh selt til utanlandske kunder, og tilsvarende 8,3 TWh importert. Hovudland for eksport av opphavsgarantiar for 2011 var Tyskland (30,6 TWh), Finland (19,1 TWh), Sverige (13,6 TWh) og Nederland (11,5 TWh). For 2011 var residualmiksen rekna til å ha klimagassutslepp tilsvarande 307 g CO 2 /KWh. Det er mange verkemiddel og andre forhold, særleg EUs kvotehandelssystem for drivhusgassar, som påverkar CO 2 -utslepp fra kraftsektoren, og det oppgjevne talet er difor berre eitt av mange mulige uttrykk for en slik samanheng. 2

174 VEDLEGG 3 KOMMUNALT KLIMAARBEID I HORDALAND Kommunen er planmynde og påverkar sektorar som er viktige for klima, deriblant industri, landbruk og transport. I tillegg kjem eiga verksemd med energibruk og bygningsmasse som viktige faktorar. Dei enkelte tiltaka kommunen kan setje i verk omhandlar mellom anna energiomlegging og effektivisering av energibruken. Klima- og energiplan Ein klima- og energiplan vert sett på som eit godt reiskap for å redusere nasjonale klimagassutslepp. Per september 2012 har alle kommunane i Hordaland klimaplanar, med unnatak av Os som har vedteke å utarbeide ein klima- og energiplan. Døme frå kommunane sitt klimaarbeid Vegen frå planar til handling kan vere vanskeleg og utfordrande, og dette gjeld kanskje særskild for klimaarbeid. Men det vert jobba for gode klimatiltak i kommunane i Hordaland, og vi vil her løfte frem nokre av dei mange eksemplane på konkret klimaarbeid i regionen. Voss I mars 2010 vedtok kommunestyret at Voss skal vera miljøfyrtårnkommune. Kommunen sitt ambisiøse mål er at alle einingar skal vera sertifiserte innan Miljøsertifiseringa av Voss kommune skal fungere som pilot for ein ny modell av sertifiseringsarbeid i kommunar både i fylket og nasjonalt. Målet er at sertifiseringa skal skje meir systematisk, enklare og meir kostnadseffektivt. Dette får ein til ved å ha interne konsulentar i kommunen, som gjennomgår ei nettbasert opplæring, i tillegg til eksterne sertifisørar. Lindås Lindås kommune har kjøpt inn 3 el-bilar som er i bruk i heimetenesten i kommunen, og snart kjem ein fjerde bil i stallen, til bruk i tekniske tenester. Kommunen er del i nettet av hurtigladestasjonar for el-bilar i Hordaland. Kommunen jobbar for å komme med i oljefri, og ser på moglegheitene for å gjere dette saman med Radøy, med oppstart i I løpet av oktober 2012 skal Tinghuset (kommunehuset) vere ferdig sertifisert. Etter dette står dei andre kommunale einingane for tur, med mål om fullstendig sertifisert kommune i Faksimile frå avisa Nordhordaland

175 Stord I juni vart den første hurtigladestasjonen for el-bilar i Hordaland opna av ordføraren på Stord. SKL (Sunnhordland kraflag) er eigar av hurtigladestasjonen og konsernsjef Magne Heimvik (til høgre på biletet) er stolt av den framtidsretta satsinga deira. SKL tilbyr også gasstanking på same plassen på Heiane vest sør for Leirvik på Stord. Saman med bensinstasjonen som JKL Trading byggjer i bakgrunnen vert dette ein av dei fyrste komplette energistasjonane i Noreg. Samnanger Kommunestyret i Samnanger har vedteke å satsa på klima- og miljøtiltak i bygg, både nye og ved restaurering av eksisterande bygg. Allereie i 1998 opna Samnanger kommune Gjerde skule, no Samnanger barneskule, bygd på prinsipp om naturleg ventilasjon, miljøvenlege material og jordvarme. I åra etter at skulen blei presentert som eit eksempel til etterfylging, har kommunen jobba systematisk og målretta med å ta klima- og miljøomsyn når nye bygg skal oppførast og eldre bygg skal rehabiliteras. I april 2013 skal ein ny avdeling til Samnanger barneskule stå klar, og grunna nye byggforskrifter vert det ikkje denne gongen bygd på same måten som den opphavlege skulen, men i passivhusstandard. Ein elbil brukar omlag 2 kwh per mil. Dette gjer at energikostnaden vert omlag ei krone per mil mot 7-10 kroner for drivstoff til ein fossilbil. I tillegg er det gratis ferje, brupassering, bomring og parkering. Vegavgifta er ein tidel av elles og forsikring er også rimelegare. I 2011 var det omlag 250 el-bilar i Hordaland. Dette dobla seg i 2011 til omlag 500. I 2012 ligg det an til ein ny dobling av talet på el-bilar i Hordaland. På Stord er det for tida 28 elbilar. Bilde frå skulen Kommunehuset skal rehabiliteras, og også her ser ein til løysingar som reduserar energibehov, som isolering, vindauge, og ikkje minst vurderar ein å nytte nærleiken til fjorden for å etablera eit sjøvarmeanlegg. Kvinnherad Hausten og vinteren 2012 blir første fyringssesong kor rådhuset, ungdomsskulen og samfunnshuset i Kvinnherad blir varma opp frå eit flisfyrt biovarmeanlegg. Bønder i området leverar flis. Kvinnherad er òg i gong med eit forprosjekt kor ein ser på moglegheitene og potensial i å bruke husdyrgjødsel til eit biogassanlegg i Omvikedalen. Det viktigaste problemet for slike anlegg er lønnsomheita; vestlandske gardar har ofte få dyr, det er store avstandar mellom produsent og kunde og investeringskostnadane er høge. For at slike anlegg skal kunne driftast, kan ei mogleg løysing vere å sjå til danske og tyske løysingar med langsiktig offentleg driftsstøtte.

176 VEDLEGG 2 STATUSRAPPORT HANDLINGSPROGRAM 2012 Pr Handlingsprogrammet er eit verktøy for å nå måla i Klimaplan for Hordaland Som ein regional plan, er tanken at Klimaplan for Hordaland skal takast i bruk av kommunar, statleg sektor og ikkje minst fylkeskommunen si eige verksemd, og kanskje gi inspirasjon til organisasjonar, næringsverksemd og enkeltpersonar. Det er likevel ikkje overraskande at fylkeskommunen sjølv står for gjennomføring av mange av tiltaka i handlingsprogrammet. Det er naturleg å feie for eiga dør. T.d. er det sett i gang ein brei prosess for å miljøsertifisere alle fylkeskommunale einingar og det er naturleg at fleire av avdelingane i fylkeskommunen medverkar til å gjennomføre handlingsprogrammet. I tillegg er ulike andre aktørar med eller utan økonomisk tilskot frå Fylkeskommunen også med på gjennomføringa. Det er spesielt viktig å peike på samspelet med kommunane og deira energi- og klimaplanar. Tema 1: Samarbeid og verkemidlar. Samarbeid og partnarskap er føresetnader for å oppnå resultat i klimaarbeidet. Kommunane er sentrale i å redusere klimagassutsleppa innanlands. Etableringa av Klimaråd og Klimanettverk Hordaland markerer starten på felles klimasatsing innanfor kommunal verksemd i fylket. Like viktig er det å utvikle samarbeidet med næringsliv og organisasjonsliv framover. Tiltak Status Tilråding 1.1 Klimaråd Hordaland Klimarådet har 4 møte i 2012: : Åpent møte om Høghastigheitutgreiinga, samarbeid med Bergen kommune og Bergen Næringsråd. Nærare 60 deltakarar Studietur til København og Malmö i MARE-prosjektet : Gjennomgang av utvalde arealog transporttiltak i klimaplanens handlingsprogram Fråsegn til Finansdept. og SSB om Kommunefordelt klima- og energistatistikk : Handlingsprogram gjennomgang. Framlegg: Held fram 1.2 Klimanettverk Hordaland Det blir halde to møter kvart år. Oppstartsmøtet vart halde saman med Klimarådet januar I 2012 har tema på klimanettverksmøta vore landbruk i februar og energibruk i kommunale bygningar i september : Miljøsertifisering : Landbruk : Klimavenlege og energiøkonomiske kommunale bygg Klimarådet er ein viktig møteplass for leiande politikarar i fylket og eit høve til å diskutere konkrete klimatiltak og -spørsmål. Klimanettverket er ein viktig møteplass for fagfolk i kommunane og statlege etatar. Framlegg: Held fram 1.3 Informasjons- og kommunikasjonsstrategi Har satt ned ei intern arbeidsgruppe som har hatt fleire møtar og strategi er laget. Aktivitet i 2012 må komme i gang Det er behov for fagleg støtte frå Informasjonsseksjonen. Framlegg: Held fram 1

177 1.4 Indikatorar, evaluering og rapportering for klimatiltak 1.5 Kursing om klimaplan og klimatiltak for politikarar 1.6 Statleg kjøp av lokale klimakvoter 1.7 Klimafond for Hordaland vurdere Forslag til indikatorsett for oppfølging av strategiar og delmål i Klimaplan for Hordaland (AUD -Rapport 8-12) kom sommaren 2012 og har ei omfattande vurdering og tilråding om korleis ein kan rapportere noko overordna i høve til Klimaplanen. Dei foreslår enkel rapportering ved rullering av handlingsprogrammet kvart år og noko meir kvart fjerde år når ein reviderer sjølve klimaplanen for Hordaland. For å rapportere på hovudmåla, vart det i fjor nytta tal frå Statistisk Senstralbyrå, SSB. Dei slutta i 2012 å publiserer desse tala for kommune- og fylkesnivå, pga dårleg kvalitet. Det er viktig å ha same måleeiningar på tvers av fylke og nasjonalt. Klimaråd Hordaland skreiv til Finansdept. og SSB om trongen for felles statistikk (sjå tiltak 1.1). For å utvikle rapporteringa frå fylkeskommunane og kommunane si eiga verksemd, starta KS og SSB ei arbeidsgruppe for klima og energi i KOSTRA i Hfk representerer fylkeskommunane i arbeidsgruppa. Ingen aktivitet, men ein ser på moglegheit for å endra namn og innhald på dette tiltaket. Fylkesordførar og Fylkesvaraordførar vil lage samling for alle fylkeskommunale styrerepresentantar. KS-inititativet KLOKT (Klimakutt lokalt med kommunale tiltak) la grunnlag for utvikling av KVIKT, verkty for å berekne utslepp og selje kommunale kvotar. Hordaland deltok i utprøving av KVIKT, og KS arbeidde for å få KVIKT og KLOKT inn i Klimameldinga. Det luktast ikkje, men Klimaforliket sommaren 2012 inneber ei nær dobling av Belønningsordninga for kollektivtransport, under føresetnad av resultatvurdering. KVIKT kan her komme til nytte for berekning av meir langsiktige utsleppsreduksjonar. Økonomiavdelinga ga ei vurdering av tiltaket i Handlingsprogram for Indikatorrapporteringa har minst to føremål; å rapportere utvikling i høve til mål i planen og å gi eit meir generelt bilete av klimastoda i Hordaland evt i relasjon til andre fylke eller nasjonen. Ved årleg rullering foreslår sekretariatet å rapportere i høve til hovudmål. Ved 4-års revidering kan ein rapportere noko meir og evt bestille eigne analysar der det ikkje er mogleg å få statistikk. Med utgangspunkt i AUDrapporten vert det lagt fram ei eiga sak våren 2013 med rapportering på Klimaplanens første planperiode. Dette vil bli eit viktig grunnlag i arbeidet med revisjon av planen. Framlegg: Vidareførast Framlegg til nytt namn: Fylkespolitikarar som klimaambassadørar. Evt eige vedtakspunkt til FUV: representantar MÅ orienterast om klimaplanen. Og få info om miljøsertifisering av verksemder. Går ut som eige tiltak i denne omgang. Eventuelt ta opp att ved revisjon av Klimaplanen. Framlegg: Tiltaket er vurdert, og ein vil ikkje rå til vidare utgreiing. Går ut. 2

178 1.8 Opplæring av ungdom i klima og miljø I feb. vart det laga konkurransegrunnlag for invitasjon til anbod på utarbeiding av pedagogisk opplegg for Miljødag ved vidaregåande skular i Hordaland hausten Kr var satt av til dette i klimaplan for Hordaland. Etter nytt møte med opplæringsavdelinga har dei til vurdering om det skal arrangerast hausten Miljødagen 2013: Skulane må ha styring på dagen sjølve og kunne tilpasse opplegget. Eit arrangement må knyttast til dei allereie fastlagde og internasjonale dagane. Skulane er forplikta til å følgje Utdanningsdirektoratet si fag- og timefordeling, og eit skuleår med få ledige dagar, må ein nytte av dei dagane som er sett av til andre formål. Det må utviklast undervisningspakkar som skulane kan nytte på desse dagane. Tiltaka må vere i regi av skulane, og det må følgje midlar med. Framlegg: Vidareførast. Tema 2: Energi Fleire av strategiane under tema energi har ikkje eigne tiltak fordi tema er overbyggjande for store delar av planen. Delmål her er nært knytte til hovudmålet for planen og skal vere førande for andre planar i Hordaland og for handlingsprogrammet til klimaplan for Hordaland. T.d. er eit særleg innsatsområde for Regionalt Utviklingsprogram forsking og innovasjon i energisektoren for å få fram nye innovative klimaløysingar. Næringsseksjonen har teke initiativ til Bioenergiforum Hordaland. Det er neppe aktuelt å gå lenger ned enn til delmål på dette temaet i framtida. Tiltak Status Tilråding 2.1 Smart nett - forstudie Forstudie er laga. Framlegg: Går ut som eige tiltak. Emnet vert vurdert ved revisjon av Klimaplanen. 3

179 Tema 3 :Forbruk og avfall Alle menneske og verksemder bruker og forbruker varer og tenester. Alle produserer avfall. Ein strategi er retta mot ålmenta gjennom miljømerking av produkt. Slik kan privatpersonar og verksemder velje miljø- og klimavenlege produkt. Ein annan strategi er miljøsertifisering av verksemder for å få meir miljøvenleg drift, mindre avfall og auka kjeldesortering. Tiltaka på desse to strategiane er godt i gang og gir resultat. I tillegg er ein strategi betre samarbeid om avfallshandteringa i regionen. Tiltak Status Tilråding 3.1 Miljøsertifisering av Hordaland fylkeskommune 3.2 Miljøsertifisering av alle kommunane i Hordaland 3.3 Samarbeid om betre regional avfallshandtering 3 års prosjekt : - Tannklinikkar: Alle er Miljøfyrtårn sertifisert. - Fylkeshuset vert Miljøfyrtårn sertifisert. innan , ved at eitt avvik er vedteken lukka Skulane: 2/5 er sertifisert eller meldt opp til sertifisering som Miljøfyrtårn eller Grønt flagg. Det vil verte tett oppfølging av skulane hausten Aller er godt i gang og det er godt von om å få % i mål innan utgangen av OT/PPT: Ein avd. er Miljøfyrtårn sertifisert. Ein avd. vert sertifisert som del av fylkeshuset og ein avd. er straks klar for sertifisering. - Skyss og Bybanen AS: Har gjort deler av miljøsertifiseringa, men ikkje i gang med systematisk prosess med sikte på sertifisering. - Frå miljøsertifisering til miljøstyring (driftsfase): På toppleiarmøte var det semje om at miljøstyring vert innført i HFK som ein del av kvalitetssystemet. Regionaldirektøren får gjennom delegasjonsvedtak ansvar for miljøstyringa. Voss kommune starta 23. mars pilotprosjekt med miljøsertifisering av heile kommunen. I samarbeid med HFK og stiftinga Miljøfyrtårn vert ny modell for sertifisering av kommunar prøvd ut. HFK vil invitere kommunar i Hordaland til å starte tilsvarande miljøsertifiseringsprosess under rettleiing av HFK. Førebels ikkje fulgt opp i Kommunale avfallsanlegg jobbar allereie interkommunalt. Avsluttast vonaleg i Nytt tiltak: miljøstyring i Hordaland fylkeskommune. Framlegg: Går over til permanent driftsfase og avsluttast som eige tiltak. Vidareførast. Vil invitere fleire kommunar. Framlegg: Utgår. 4

180 Tema 4: bygningar Dette er eit tema som treff dei fleste verksemder. Mykje av debatten om bygningar dreier seg om teknologi i nye bygg, men den største utfordringa med klimagassutslepp og bygningar kjem på kort og mellomlang sikt frå eksisterande bygg. Her er det mykje å hente ved å ta i bruk kjent teknologi. Det inneber ein god del kompetanseoppbygging og tilrettelegging for at tiltak skal bli gjort i eksisterande bygg. For mange aktørar vil klimaforbetringar, anten energiøkonomisering, konvertering av energikjelder eller meir miljøvenleg materialbruk, vere lønsamt å kombinere med vanlege rehabiliteringar. På lang sikt er det avgjerande kva energistandard det er på dei nye bygga som blir reist i dag. Tiltak Status Tilråding 4.1 Oljefri.no Naturvernforbundet starta dette prosjektet i Hordaland for å få folk til å bytte ut oljefyr med meir miljøvenleg oppvarming. Prosjektet er no blitt nasjonalt med eiga nettside. I Hordaland er det framleis berre Fjell og spesielt Bergen kommune som deltar. Naturvernforbundet i Hordaland har fått tilskott frå HFK i tre år. Det er eit nasjonalt mål å få bort alle oljefyrar innan 2020, og det kan hjelpe om oljefri.no held fram. Vi bør kunne vente meir resultat i høve til andre kommunar enn Bergen og Fjell. Naturvernforbundet i Hordaland har i 2012 fått driftstilskott. Framlegg: 4.2 Tre i sentrum Fylkesmannen i Hordaland, landbruksavdelinga, FMLA, har hatt fokus på tre over lang tid, delvis også i samband med ulike nasjonalt verkemiddel. No har FMLA tilsett ein person med særleg ansvar for skog/tre. 4.3 Kartleggje ENØK potensialet 4.4 Klima- og energieffektiv bygging skal vere sentralt i byggfaga i vidaregåande opplæring Ikkje satt i gang. Kommersielle aktørar har fokus på energieffektivisering. Etter møte i Klimanettverk Hordaland synte det seg at det er eit behov i kommunane som det ikkje er lett for dei å dekkje kvar for seg. Det er samtalar for å få i gang interkommunalt samarbeid gjennom nokre regionråd. Det har vore møte mellom Opplæringsavdelinga og klimasekretariatet. Implementering av tiltak/ kompetanseutvikling må skje over tid. Opplæringsavdelinga har ikkje høve til å finansiere tiltak. Likeins kan ikkje gjere ei bestilling mot eksterne fagmiljø før ein har finansieringa på plass. Føresetnaden for at tiltak kan setjast i gang, er altså at det blir tilført midlar. Dei Faglege Arbeidsutvala (FAU) er måten å nå lærarane på. Det er viktig at ikkje alle Fagutvalga (FAU) blir pålagde Held fram. Arbeidet har ikkje hatt preg av noko vanleg prosjekt og er no gått over i drift ved FMLA. Det blir rådd til å avslutte dette som prosjekt i handlingsprogrammet. Framlegg: Utgår. Framlegg til spissing og ny tittel: Regionalt samarbeid om energileiing i kommunane Framlegg: Held fram. Høgskulen i Bergen vil medverke til kompetanseutvikling via tiltak 4.6 5

181 4.5 Styrke fagspesifikk etterutdanning for handverkarar i Hordaland innan temaet energisparing 4.6 Kompetansesenter for energieffektivisering 4.7 Passivhusstandard og alternative energikjelder i fylkeskommunale bygg % av den fylkeskommunale bygningsmassen skal rehabiliterast for energieffektivisering årleg i perioden å jobbe med klima som tema. Tema må vere ein naturleg del av faget sin læreplan for at FAU skal arbeide med dette. Eigne FAU i ein tidleg fase er Bygg- og anleggsteknikk ((BA) og Naturbruk (NA) i neste fase 2014) Opplæringsavdelinga kan ikkje ta ansvar for dette. Bransjeorganisasjonane driv kontinuerleg vidareutdanning for å kunne tilfredstille nasjonale krav. Frokostmøta som Bergen kommune, Husbanken, Fylkeskommunen, Høgskolen i Bergen, Bergen Arkitektskole og Fylkesmannen har arrangert i nokre år med utgangspunkt i Framtidens byer, har fungert svært bra på tema bygg og klima. Møta er uformelle og samlar frå 50 til 100 personar frå ulike delar av byggebransjen frå kl til ein onsdag i månaden. Klimaråd Hordaland foreslo at ein skulle forsøke å få til liknande møte eller tilsvarande kompetansetilbod også utanom Bergen, kanskje i saman med regionråda. Prosjektet har fått tilskott for 2012 og det er tilsett ein person ved Høgkolen i Bergen (HiB), ing.avd., Institutt for byggfag. Ho deltek med fast post på bygg-frokostmøta og er aktiv i ulike samanhengar i tillegg til å undervise ved HiB. Ho har opparbeidd kontakt med VGS og er i dialog om fleire ulike prosjekt med dei. Bergen Arkitektskole er også involvert her. Eigedomsseksjonen i HFK utgreier passivhus- eller lågenergistandard i samband med nybygg og større rehabiliteringar. Enova har innvilga søknad om tilskott til vurdering av bruk av lågenergi eller passivhusstandard ved Voss Vidaregåande Skule. HFK sitt budsjettframlegg for 2012 er det foreslått energieffektiviseringstiltak/ klimaplan på kr 5mill, 10mill, 15 mill og 20 mill for dei fire åra Årstad VGS har fått tilskot frå Enova til klimatiltak i samband med rehabilitering. Ein etasje er fullført og neste skal vere ferdig til årsskiftet 2012/13. Framlegg til ny tittel: Frokostmøter i Bergen og kompetansetilbod i samarbeid med regionråda. Prosjektleiar gjer ein god jobb som bindeledd mellom kompetansemiljøet ved høgskolen og offentleg og privat verksemd. Det blir rådd til at HFK støttar prosjektet vidare. Framlegg: Held fram. Framlegg: Held fram. 6

182 Anna arbeid som er gjort i 2012: Knarvik VGS Juvikstølen: Ny ventilasjon med varmegjenvinnar, installering av vannbåren varme, tilleggsisolering Manger VGS: Ny ventilasjon med varmegjenvinnar Hjeltnes VGS: Ny ventilasjon med varmegjenvinnar Fyllingsdalen VGS: Tilleggsisolering tak Bergen Maritime VGS: Ny ventilasjon med varmegjennvinnar og CO2 styrt VAV 4.9 Klima- og miljøvenlege materiale i fylkeskommunale bygg 4.10 Energisparing og meir klimavenleg energibruk hos UiB, Bergen kommune og HFK. Os VGS: Nye vinduer med høg isolasjonsevne I samband med nye Voss vidaregåande er det teke initiativ for å utgreie bruk av tre som klima- og miljøvenleg matriale både på Skulestadmo og Skulestadhaugen. Tilskott er gjeve frå Innovasjon Norge sitt Treprogram. Eigedomsseksjonen har ansvar for dette prosjektet. Dei samarbeider med Bergen kommune og Universitetet i Bergen om systematisk arbeid med energieffektivisering av eigne bygg og å spare 1MWh ZEB-prosjektet Arbeidet går i regi av utbyggar. Samtaler og møter med ByggBo. Framlegg: Held fram. Delrapport for Bergen kommune og fylkeskommunen vart lagt fram juni Arbeidet held fram vidare etter planen. Framlegg: Planprosessen går i regi av Bergen kommune. 7

183 Tema 5: arealbruk og transport Fylkeskommunen er rettleiar for kommunane i planprosessar (m.a. i planforum), han er vegeigar (fylkesvegnettet) og ikkje minst er han ansvarleg for kollektivtrafikken i fylket (utanom fly og jernbane). Tema arealbruk og transport er derfor eit temaområde der fylkeskommunen er ein dominerande aktør i samarbeid med Statens vegvesen, Fylkesmannen og kommunane. Tiltaka som sorterer under dette temaområdet har hatt varierande grad av aktivitet i Dei kjenneteiknast gjerne av at dei er langsiktige, også når det gjeld oppstartfasen, og mange går derfor vidare i 2012, anten slik som dei står eller i ein redigert versjon. Nokre av tiltaka går også ut då dei viste seg å vere mindre relevante. Tiltak Status Tilråding 5.1 Kartlegging av jordressursane i Hordaland 5.2 Gode fortettingsprosjekt utanom byane. Eksempelsamling. Jordressursane i Hordaland er i dag kartlagde gjennom arealressurskartlegginga AR5. Skog og landskap lagar i tillegg andre beslekta kart. Kommunane i Hordaland er i varierande grad i gang med å oppdatere gardskarta og kjerneareala for landbruk. Prosjektet er i oppstartsfasen. Sjølve prosjektplanen blir utarbeidd i oktober og sjølve hovuddelen av prosjektet vil bli gjort hausten Tilråding: det er trong for å samarbeide mellom etatane for å kome vidare med totalkartlegging av dyrkbar jord i Hordaland. Tiltaket er under utarbeiding/gjennomføring. Tiltaket vidareførast. 5.3 Lokalisering av utbyggingsområde i høve til kollektivtilbod. Rettleiar. 5.4 Regional plan for utbyggingsmønster, arealbruk og transport i Bergensområde 5.5 Tilrettelegging for digitale møte i fylkeskommunale bygg sentrum Planseksjonen formidlar kunnskap til kommunane og andre om korleis bustadbygging, næringsområde samt teneste- og servicefunksjonar bør lokaliserast i høve til kollektivtilbodet. Då tiltaksskildringa for tiltak 5.3. vart skriven var arbeidet med Regional areal og transportplan for Bergensområdet og Regional plan for senterstruktur og lokalisering av service og handel så vidt starta opp. No vert planprogrammet til begge dei nemnte regionale planane snart sendt ut på høyring. Det er etablert ei politisk styringsgruppe og ein administrativ programkomité som skal utarbeide eit planprogram. Gjennom tre møter har den politiske styringsgruppa fastsett eit føremål med planarbeidet. Dette vil inngå i planprogrammet som vil bli sendt på offentleg høyring i løpet av hausten IT har ansvaret for oppfølging. Det skjer kontinuerleg forbetring og utbygging av teknisk utstyr. Ingen særskilde tiltak er gjort for å auke bruken av utstyret. Berbart utstyr som vart skaffa i 2011 er i aktiv bruk t.d. til streaming av fylkesting. Det vidare arbeidet med dei regionale planane vil ta opp mange av dei problemstillingane som er nemnt i tiltak 5.3. Framlegg: Tiltaket utgår. Arbeidet går vidare i Vidareførast. 8

184 Tiltak Status Tilråding 5.6 Klimavenleg transport i Regional transportplan (RTP). Høyringa for RTP vart avslutta 30. juni. Endeleg framlegg skal til politisk handsaming med sikte på endeleg vedtak i desember Forsøk på sambruksfelt på Søndre hovudinnfartsåre til Bergen. 5.8 Redusert reisetid med tog på strekninga Bergen Oslo. 5.9 Sikker og sentral sykkelparkering ved kollektivterminalar Sikker sykkelparkering ved fylkeskommunale verksemder. Spørsmålet om forsøk av sambruksfelt på søndre innfartsåre er uavklart. Det er dialog mellom svv og politiet om behov for ytterlegare utgreiingar Daglege aktivitetar i dette tiltaket vert arbeidd med i Forum Nye Bergensbanen. Oppfølgjande vedtak må skje i fylkespolitiske organ gjennom RTP og NTP prosessane. Det er etablerte løysingar for sikker sykkelparkering på Jernbanestasjonen og på Nesttun. Det er naudsynt med evaluering av korleis desse løysingane fungerer innan det er aktuelt å foreslå vidare tilrettelegging for sikker sykkelparkering på andre knutepunkt/terminalar. Etablering av sikker sykkelparkering er i ein oppstartsfase (val av teknologi og opplegg for etablering er uavklart). Gjennomført pilotprosjekt med frittståande sykkelstativ med tak ved Langhaugen vgs. Eigedomsseksjonen ynskjer ei kartlegging av behovet og samla plan før ein går vidare med tiltaket. Kartlegging av dette og trong for andre investeringar i miljøinfrastruktur ved skulane vert gjennomført hausten Ferdig. Går ut. Tiltaket er under utarbeiding/gjennomføring. Tiltaket vidareførast. Tiltaket vidareførast i Særleg viktig å få inn formuleringar i st. meldinga om NTP og seinare påverka endeleg vedtak i Stortinget. Storstilt etablering av sikker sykkelparkering utanfor Bergensområdet er ikkje prioritert i denne fasen. Forslag til nytt namn Sikker og sentral sykkelparkering ved terminalar og knutepunkt i Bergensområdet. Tiltaket er under utarbeiding/gjennomføring. Tiltaket vidareførast. Framlegg: Held fram i Eller: Ev slå det saman med andre miljøtiltak til eit nytt tiltak: Miljøinfrastruktur ved fylkeskommunale verksemder 5.11 Pilotprosjekt Gangbar tettstad 5.12 Moglegheitsstudie mobilitetsrådgjeving i Hordaland Rettleiar for parkeringsnormer i kommunane. Prosjektet er i oppstartsfasen. Sjølve prosjektplanen blir utarbeidd i oktober og sjølve hovuddelen av prosjektet vil bli gjort hausten Rapport er ferdigstilt. Det er satt ned ei arbeidsgruppe som skal utforme ei anbefaling knytt til etablering av mobilitetsrådgjeving i Hordaland. Mål om politisk handsaming i oktober Transportøkonomisk institutt utarbeidde ein grunnlagsrapport som vart levert ved årsskiftet 2011/2012. Det vil bli lagt fram ei eiga politisk sak om vidare arbeid i løpet av Tiltaket er under utarbeiding/gjennomføring. Tiltaket vidareførast. Tiltaket er i sluttfasen. Nytt tiltak: Oppstart av mobilitetskontor forstudie. Eventuell vidareføring av tiltaket i 2013 vil avhenge av vedtaket i den politiske saka. Sjekk vedtak 9

185 Tiltak Status Tilråding 5.14 Miljødifferensierte bompengar - utgreiing 5.15 Utbygging av hurtigladestasjonar for elbilar langs Europa- og riksvegar. Vidare arbeid med tiltaket er avhengig av ei avklaring av heimel og forskrifter for miljødifferensierte bompenger. Vegdirektoratet har ansvar for å gjennomføre dette. Hurtigladestasjon i Aksdal (Haugesund), Leirvik og Voss er i drift. Hurtigladestasjon på Halhjem, Fjøsanger, Knarvik og Dale er venta opna i september. Oppedal ferjekai i Sogn er venta opna i nov/des. FUV vedtak om utbygging av nye hurtigladestasjonar i Norheimsund, Eidfjord, Odda, Etne, Straume og Matre og løyving av kr Utbygging føreset samarbeid med kraftselskap og andre om total finansiering av til saman om lag kr 3 mill., eller tilleggsløyving. Tiltaket vidareførast i påvente av Vegdirektoratet sin avklaring. Vidareførast. Endra til infrastruktur for elbilar Plan for biogassbussar i Hordaland Pilotprosjekt batteriferje I gang med fase 2. Skyss har starta opp eit prosjekt som har til hensikt å leggje til rette for at gassbussar kan driftas med biogass. Politisk sak knytt til initiering av samarbeid med Bergen kommune for å sikre at biogass frå Rådalen kan leverast til gassbussane i Bergen er handsama i SAMU 22. aug og i FUV 29. aug Fylkesutvalet vedtok i sak 119/12 å setja i gang eit hovudprosjekt som også skal omfatte snøggbåtdrifta i fylket. Tiltaket er under gjennomføring. Vedtak i FUV i sak 194/12: Fylkesutvalet ber administrasjonen initiere eit samarbeid med Bergen kommune med det føremål at biogass frå Rådalen kan leverast til gassbussane i Bergen i tråd med reglane om eigenregi. Tiltaket vert vidareført til 2013 (jf. sak 194/12 og oppfølging av vedtaket). Endre namnet frå Pilotprosjekt batteriferje til Miljøvenleg framdriftsteknologi i ferje- og snøggbåtdrifta. Tiltaket vert vidareført til 2013 (jf. sak 119/12). 10

186 Tema 6: næringsliv Næringslivet i Hordaland er del av ein nasjonal og internasjonal marknad og blir påverka av reglar og krav frå fleire hald. T.d. ser vi at ein del verksemder i Hordaland allereie er miljøsertifiserte etter ulike ordningar. Ei slik sertifisering kan vere eit godt utgangspunkt for miljø-/klimaleiing. Mange tiltak i høve til næringslivet kjem frå nasjonalt nivå i Norge og blir naturleg nok ikkje nemnde her. Fleire tema i klimaplan for Hordaland er relevante for næringslivet, t.d. bygningar og areal og transport, men dei blir altså ikkje handterte under næringstemaet. Landbruket har ei spesiell utfordring i klimasamanheng og Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen har tatt ansvar for å gjennomføre ein del felles tiltak for sektoren i Hordaland, og søkjer tilskott frå fylkeskommunen til det. Tiltak Status Tilråding 6.1 Miljøsertifisering Gjennomført i 2012: Vidareførast av bedrifter uavhengig av bransje - Møte med leiinga i Studentsamskipnaden i Bergen, som tek sikte på miljøsertifisering av alle deira verksemder: - Møte i Hardanger for næringslivet om miljøsertifisering - Fullføring av prosjekt med miljøsertifisering av reiselivsverksemder i samarbeid med NHO reiseliv Vest- Norge Tiltaket har av kapasitetsgrunnar ikkje vore høgt prioritert hittil. 6.2 Fôr til oppdrettslaks. 6.3 Klimaforbetringar i fiskeflåten. 6.4 Meir effektiv utnytting av Nitrogen (N) To prosjekt er etablert og i arbeid. 1) Forprosjekt etablering av pilotanlegg for industriell algeproduksjon for bruk i fôr på Mongstad for integrering av CO2 gjenbruk. 2) Livsløpsvurdering (LCA) og miljøanalyse av fremstilling av omega-3 fettsyrer basert på mikroalger og bruk av fanget CO2 på Mongstad. Starta forstudie Muligheter for innovasjon i fremtidens fiskeflåte saman med dei andre Vestlandsfylka. Fallende innovasjonsrate for teknologi og miljø vil være negativt i høve berekraftig fiskeri. Det er starta tre prosjekt under dette tiltaket A) betre disponering av husdyrgjødsel B) Meir balansert gjødsling med nitrogen C) Betre drenering og mindre jordpakking A Betre disponering av husdyrgjødsel: Mindre utslepp ved lagring og spreiing. Det vert tilrådd at fylkeskommunen følgjer opp prosjekta med mål om etablering av pilotanlegg. Aktiviteten skal skje i samarbeid med mellom andre UiB, UNI research og Norhordland industrinettverk. Det skal lagast sak på temaet til fylkesutvalet, og temaet er tatt med i fylket sitt innspel til ny forskingsstrategi (HAV21) og ny sjømatmelding. Forstudien blir ferdig hausten Vurderer deretter vidareføring. Tilråding: Tiltak 6.4 A takast ut 11

187 Status, mindre utslepp ved lagring: - Gasstett gjødselkum(tak) ser vi på som relativt utaktuelt grunna låg kostnadseffektivitet. FMLA skal oppmode kommunane til å løyve SMIL-midlar til overbygg på eksisterande gjødselkummar. - Overbygd gjødselkum er aktuelt for at regnvatn skal ta mindre plass, dermed vert det mindre behov for haustspreiing og såleis redusert N- tap. FMLA skal arbeide for å auke fokus på overbygg ved tildeling av BU-midlar til nye gjødselkummer. handlingsprogrammet. Status, mindre utslepp ved spreiing: - Det har vore eit nasjonalt pilotprosjekt i enkelte fylke med ekstra tilskot til miljøvenleg husdyrgjødselspreiing med nedlegging, nedfelling eller vatninnblanding. Hordaland har ikkje vore med i dette. Frå 2013 skal er piloten avslutta og heile landet får tilskotsordning for miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel. B Meir balansert gjødsling med nitrogen Status: Tilsagn frå HFK vart gjeve i feb 2012 som del av eit større prosjekt som NLR har kome godt i gang med. Dei har 10 (store) gardar i Voss, Kvinnherad og Sunnhordland som dei følgjer tett. Treng ny løyving fra HFK for kvart av dei to siste åra også. Tilråding: Tiltaket 6.4 B vidareførast. 6.5 Meir fôr frå utmark- redusert nitrogenbehov C Betre drenering og mindre jordpakking. Status: Tilsagn frå HFK vart gjeve i feb Ein har diskutert korleis ein skal lyse ut og prioritere midla. Det vil i tillegg kome noko midlar til dreneringstiltak i 2013 over jordbruksavtalen, men dei skal prioriterast til korn/grønt og etter totalareal. Bioforsk Vest på Fureneset skal i gang med eit forskningsprosjekt på Drenering og jordfysikk med støtte frå FM i tre fylke. Hausten 2012 startar FM i dei fire fylka frå Rogaland til Møre og Romsdal eit stort informasjonsarbeid retta mot gardbrukarar, med fokus på praktisk gjennomføring av drenering. Tilsagn vart gjeve i april 2012 som del av prosjektet Landskap i drift II. Det er søkt om fleire midlar hjå HFK som skissert i Tilråding: Tiltaket 6.4 C vidareførast. FMHO-landbruk har fått tilskott frå Klimaplanen. 12

188 6.6 Auke motivasjonen og kunnskapen i landbruksnæringa 6.7 Biogassproduksjon ved anaerob nedbryting av gjødsel søknaden. Så snart finansieringa er på plass, vil det kunne arbeidast med konkrete løyvingar. Det er så langt etablert kontakt til UMB og Bioforsk for å jobbe med dokumentasjon av innsparingseffektane ift eit utvida beiteregime. Det er dessutan førespurt planløysingar for fôringsplassar som vil kunne lett setjast opp til ein rimelig penge. Det er oppretta dialog med interesserte gardbrukarar. Ut frå attendemeldingar frå næringa lyt ein absolutt satse vidare på prosjektet i 2013, ei større løyving er allereie gjeve i Kvinnherad kommune så langt. Bioforsk Vest Fureneset lagar eit infoskriv om klimatiltak i landbruket. Tidlegare ar òg Norsk Landbruksrådgjeving laga praktiske faktaark om dette, retta mot gardbrukarane. Ein ønskjer ikkje demonstrasjonsbruk i Hordaland. Vil informere frå ulike tiltak og arbeid etterkvart, men ikkje setje i gang noko eige info-tiltak. Det har i løpet av 2012 blitt gjennomført forprosjekt for å avklare grunnlaget for ein muleg etablering av eitt biogassanlegg basert på husdyrgjødsel i Kvinnherad. Konklusjon frå studien er at det ikkje vil vere tilstrekkeleg inntening av etablering av eit slikt anlegg. Dei største utfordringane av generell karakter for våre Vestlands-bruk er storleiken på garden (for få dyr), avstand til varmekundar (for langt eller over krevjande terreng) og utbyggingskostnader (høge satsar for anleggsmaskiner og rørentrepriser). Sjølv med maksimalt tilskot frå Innovasjon Norge vil anleggskostnadane gjere at anlegget ikkje vil klare seg økonomisk utan regulære driftstilskot. Innføring av grøne sertifikat, viser seg ikkje å vere tilstrekkeleg til å løyse ut det engasjementet blant biovarme-entreprenørane som må til for å kunne nå regjeringas og regionale myndigheiters mål om klimavenleg energiproduksjon. Eit muleg tiltak for å få slik forståing som her er omtalt kan være å lære av danske eller tyske myndigheiter som har valt å gje bioenergiprodusentar forutsigbare og langsiktige driftstilskot. Slik kan produksjonen av bioenergi bli konkurransedyktig samanlikna med for eksempel energi fra kolkraftverk (vasskraft i Noreg). I dagens marknad er straumprisen så gunstig at bioenergi rett og slett ikkje er konkurransedyktig. Tilråding: Tiltaket vidareførast i HP Framlegg: Går ut. Nokre aktørar frå Hordaland får høve til å delta på ein studietur til Thüringen i april 2013 for å sjå på eit biogassanlegg for enkeltgardar med frå dyr. Tilråding: Tiltaket vidareførast i HP

189 6.8 Samla plan for klimatiltak i landbruket i Hordaland Hausten 2012 vil FMLA lyse ut eit arbeid med å kvantifisere og vurdere aktuelle klimatiltak i landbruket i Hordaland. Analysen kan byggje på tilsvarande analyse for Sogn og Fjordane med stort fokus på gjødselgasspotensiale, men bør i tillegg inkludere meir om drenering, skogbruk, produksjonemetodar/teknologiar og ulike landskap. Det er òg ønskjeleg å få med vurderingar av kostnadseffektivitet der slik kunnskap finst. Temagruppa skal klarere kva som skal takast med i oversynet før arbeidet blir sett i gang. Tilråding: Tiltaket vidareførast i HP Klima i Regionalt Utviklingsprogram 2012 Regionalt Utviklingsprogram (RUP) 2012 gir dei politiske, økonomiske og tematiske rammene for korleis fylket skal stimulere til regional næringsutvikling. Ny næringsplan for Hordaland er under utarbeiding. Utkast er venta hausten Strategisk næringsplan for Bergensregionen er den overorda planen for næringsutvikling for dei 20 kommunane som er med i Business Region Bergen. Hordaland fylkeskommune vedtok planen i 2010 og næringsseksjonen bidreg med støtte til gjennomføringa. Det er difor naturleg å sjå utvikling av nye nærings- og handlingsplanar på fylkesnivå i samanheng med denne. Klima og miljø er eit av fokusområda i denne planen. Frå RUP 2012 om Klimautfordringane og berekraft: Næringslivet er ikkje berekraftig nok. Klimautfordringane og overgang til fornybar energi setter nye krav til næringslivet. Klimaplanen for Hordaland peiker på nye moglegheiter for næringsutvikling. CO 2 satsinga på Mongstad opnar for nye forretningsmoglegheiter. Næringslivet i Hordaland er engasjert i ei rekkje ulike prosjekt knytt til fornybar energi som kan gi spanande moglegheiter for ny forretningsutvikling. Regionalt utviklingsprogram (RUP) vektlegg vurdering av bærekraft innan heile det regionale utviklingsarbeidet, og på tvers av sektorvise satsingar. Satsinga på klimaretta tiltak skal aukast. Ein legg opp til å øyremerka 1 mill kr av dei fylkeskommunale midlane og ytterlegare 1 mill kr som vert dekka inn ved tilsvarande reduksjon i overføringane til Innovasjon Norge. Det vert lagt til grunn at ein administrativt kan omfordele innanfor postane i RUP avhengig av behov og søknadstilgang, men og slik at satsinga på klimaretta tiltak blir på minst 2 mill kr. RUP-prosjekt med relasjon til miljø- og klimatematikk I tabellen under er det lista opp prosjekt ein meiner er potensielt relevante i høve til miljøspørsmål og reduksjon av klimautslepp i Hordaland. Det er i alt gitt støtte til 16 ulike prosjekt med ein samla støttesum på om lag 72 mill. kr. frå september 2011 til september RAPP NR Namn Innhald Støttebeløp kr 91-11NK Alternativ framdriftsteknologi for ferger Forprosjekt for å utrede alternative teknologier i utvikling av mer miljøvennlige ferger i Hordaland. Blant annet utrede næringsmessige forutsetnigner og effekter

190 95-11EN Biogass som drivstoff i Hordaland - biogassproduksjon frå nye biologiske råstoffkilder 96-11MA "Eat the Fjords" - Forprosjekt Diverse BA01-11 til BA17-11 Diverse SA01-10 til SA05-08 VP02-10 Breiband og mobilnettutbygging Ulike vegprosjekt Dyrking av tang og tare. Forprosjekt 94-11NK SIM Subsea - et e- læringstilbud i undervannsteknologi 68-12MT 71-12EN Test- og utviklingssenter for maritim miljøindustri Nasjonalanlegg for bygging/samanstilling av offshore vindmøllerforprosjekt Råstoff til biogassproduksjon: Slam frå oppdrettsnæringa, gassifisering av trevirke, våtorganisk avfall og husdyrgjødsel. Kortreist mat. Forprosjektet skal gjere forarbeid, tilretteleggjing og konseptutvikling av eit felles profilerings og næringsutviklingsprosjekt innan oppleving/reiseliv basert på lokale fiskerettar og tradisjonar i regionen. Breiband og mobilnettutbygging. Klimagevinst ved potensiale for mindre fysisk pendling og transport. Klimagevinst ved forkorting av reisetid og bygging av sykkel og gangvegar, fleire ferjefrie strekningar Utgreiing om kunnskapsgrunnlaget for produksjon av makroalger. Klimariktig produksjon på lågt trofisk nivå. Prosjektet tar sikte på å utvikle eit nytt e-læringstilbod i matematikk med praktiske døme frå undervassteknologi. Potensiale for mindre transport i samband med undervisning. Maritime CleanTech West er ein samarbeidsorganisasjon for maritime bedrifter med hovudtyngde i Sunnhordlandsregionen som har som målsetnad å utløyse miljøteknologiprosjekt hos bedriftene som deltek. Interessentane bak prosjektet har gjort eit kartlegging av ulike lokalitetar langs kysten som produksjonsstad og har kome til at Stord er best egna MA Møteplass Marin 2012 Styrke marin sektor og sjømatproduksjon som meir berekraftig enn fleire av alternativa EN 80-12MA Utvikling av næringsklynge knytt til TCM Forstudie mogleg akuttberedskapssenter på Langøy, Austrheim kommune Technology Centre Mongstad (TCM). Co2 fangst Samordning av tenester knytt til beredskap og oljevern Ca Ca *

191 SA02-11 Jondalstunnelen Grunnlag for mindre transport ved mogleg funksjonelt bu- og arbeidsområde på Folgefonnhalvøya. SA05-09 Infrastruktur på Tysnes Mellom anna etablering av gang- VM VM Muligheter for innovasjon i fremtidens fiskeflåte (samarbeidsprosjekt Vestlandet) Kommersiell utnytting av sildemelke (Samarbeidsprosjekt Vestlandet) og sykkelvegar Fallende innovasjonsrate for teknologi og miljø vil være negativt i høve berekraftig fiskeri. Prosjektet vil ta for seg korleis fiskeflåten og utstyrsprodusentane kan halde vedlike og styrke vilkåra for innovasjoner retta mot fangstleddet. Meir berekraftig fiskeri ved beire utnytting av restråstoff * * Sum ca Beløpa over er rettleiande og syner fylkeskommunal delfinansiering. Dei fleste prosjekta løyser ut vesentleg meir ressursar i form av partnarskapsfinansiering og eigeninnsats. Nokre av beløpa inneheld vidare midlar frå fleire fylke (beløp merka *) og det er ei open vurdering av kva prosjekt som vert inkludert i oversikten. Andre initiativ CO2 -satsinga på Mongstad, klimaforsking i verdsklasse i Bergen og Arena NOW gjev Hordaland gode føresetnader for entreprenørskap og innovasjon innan miljøtilpassa energiproduksjon. Det er finansiert ei rekkje tiltak for etablering av breiband og betre mobildekning i perioden. Desse tiltaka vil kunne redusere pendling og være viktige klima/miljøtiltak. 16

192 Tema 7: teknologi og klimautfordringar Ny teknologi er avgjerande for at samfunnet skal nå klimamåla. Men for mange vil det vere ei stor klimabetring å ta i bruk eksisterande teknologi. Teknologispørsmålet er vevd inn i tiltak under andre overskrifter. Det kan vere vanskeleg å bestemme om å ta i bruk meir energieffektiv lysteknologi som f.eks LED skal vere tiltak under tema 7, tema 1 eller tema 4. I den grad det dreier seg om innovasjonar knytt til teknologi, blir det næringsseksjonen i fylkeskommunen og dei andre partnarane som går inn. Desse verkemiddelaktørane har i fleire år hatt fokus på teknologi som kan gi klimagevinst. Tiltak Status Tilråding 7.1 Satsing på teknologiutvikling ved Mongstad Tre tiltak er i gang. Den nye industriinkubatoren 1. Industriutvikling Vest blei etablert i Fylkeskommunen er ein viktig støttespelar og samarbeidspartnar. Har inngått ein samarbeidsavtale til Det er sett i gang eit arbeid med utvikling av ein næringsklynge knytt til Technology Centre Mongstad (TCM). I første fase er det starta eit forprosjekt for å kartlegge moglegheitane, forankre arbeidet i bedriftene og avklare grunnlaget for ein Arenasøknad våren Arbeidet med kompetansesenteret blir no vidareført ved at Industriutvikling Vest har tatt inititativ til å opprette eit kurs- og kompetansesenter tilpassa behovet til industrien i området. I tillegg til oppfølging som tilskottsytar blir arbeidet i dei to første prosjekta følgt opp ved at fylkeskommunen deltek som observatør i styret i Industriutvikling Vest og i prosjektstyret for klyngeprosjektet. Vidare må ein avvente resultatet av forprosjektarbeidet i dei to siste prosjekta får ein avgjer veien vidare. Satsing på næringsutvikling på Mongstad er også høgt prioritert i RUP Bruk av naturressursar til fornybar energiproduksjon 7.3 Kraftverkskip basert på brenselcelle 7.4 Bruk av utviklingskontraktar for miljøvenleg teknologi Pilotprosjektet for utvikling av ei bioenerginæring støtta av fylkeskommunen er no avvikla. Nettverksdelen av dette prosjektet blir vidareført gjennom opprettinga av Hordaland Bioenergiforum der fylkeskommunen har tatt ein aktiv rolle. Formålet er å samle alle aktørane i Hordaland som er opptatt av bioenergispørsmål. Det har også blitt arbeidd med kompetansesenter for småkraft i Samnanger og Hardanger. Begge dei to delane av dette prosjektet, forskingsprosjektet for å utvikle eit hybridanlegg for større el-produksjon om bord i skip og forprosjektet for å avklare rammene for å kunne plassere eit slikt skip på Bergen hamn er under arbeid. Tre prosjekt på RUP-lista under næringstema kjem inn på dette: Test- og utviklingssenter for maritim miljøindustri, Biogass for bussar Alternativ framdriftsteknologi for ferger. Klimaplanens tiltak 5.17 Miljøvenleg framdrift av ferjer og snøggbåtar er ei vidareutvikling av det siste. Å stimulere til auka bruk av fornybar energi er høgt prioritert nasjonalt, m.a. med grønne sertifikat for produksjon av ny fornybar energi. Tiltaket går difor ut av handlingsprogrammet. Før ein går vidare må ein avvente arbeidet med dei to forprosjekta. Ansvaret for å legge til rette for slike kontraktar må ligge hos dei som er ansvarleg for anboda på buss- og fergekontraktar (Samferdselavdelinga) og på byggoppdrag (Eigedomsseksjonen) eller Økononomiavdelinga/ fylkesrådmann/fylkesutval. 17

193 7.5 Identifisering av gode lokalitetar for vindkraft og småkraft 7.6 LED-teknologi i fylkeskomm. regi 7.7 Oppbygging av kunnskap om klima og klimateknologi hjå ungdom Sjå Fylkesdelplan for små vasskraftverk, Fylkesdelplan for vindkraftverk og Regional planstrategi. Rapporten LED til belysning vart levert av SWECO til HFK våren Rapporten rår til at fylkeskommunen vurderer bruk i veganlegg med låge krav til lysmengd, effekt- og parklys utomhus effektlys innomhus rom med vanskeleg tilkomst for vedlikehald (hallar, gangareal) spesiallampar i tannlegekontor. Opplæringsavdelinga kan oppmode skulane om å besøkje VilVite. Det er kostnadskrevjande for skulane å transportere elevane og å dekkje opphaldet på VilVite. Det er derfor ein føresetnad at det følgjer med midlar frå andre budsjett enn Opplæringsavd. Skal tiltaket førast over fleire år, må det planleggjast/setjast av midlar. Det er naudsynt at skulane ikkje må bruke eigne midlar til dette. Med ei evt politisk ekstraløyving, kan det evt kome nokre kroner i tilskott til reise og inngangsbillett. Klima/-teknologifag som fag i skulen: HFK har ikkje mynde til å lage læreplan/fag/ kompetansemål. Det er eit ansvar som ligg sentralt hos Utdanningsdirektoratet/ Kunnskapsdepartementet. Framlegg: Tiltaket blir avslutta. Føremålet blir tatt vidare i tiltak 5.17 Miljøvenleg framdrift av ferjer og snøggbåtar. Framlegg: Tiltaket går ut. Det er no eit arbeid på gang for å få installert LED-lys i tannhelsetenesta. Det skal gjerast forsøk med allmennbelysing på Søråshøgda før ein evt brukar slike løysingar i nybygg. Når det gjeld spesiallamper, er det allereie gode erfaringar med LED i 20 av operasjonslampane til tannlegane. Resten av desse bør blir skifta ut. Framlegg: Held fram. Held fram med nytt namn. 18

194 Tema 8: klimatilpassing Tilpassing til klimaendringar er eit relativt nytt forvaltingsområde, og det gjenstår enno ein del politikkutvikling før ein kan setje inn handlingsretta tiltak i stor skala. Døme på eit slikt utviklingstiltak er tiltak Utgreiing av mogleg regional planbestemming/-retningsline om bygging nær havnivå, som vart ferdigstilt våren Fleire av tiltaka i tema klimatilpassing har vore i ein førebuande fase i 2011, og blir også med i 2012-programmet. Tiltak Status Tilråding 8.1 Fagmøte om kartlegging og overvaking av naturmangfald på Vestlandet. Førebuande møte med forskarar frå Havforskingsinstituttet, Universitetet i Bergen og Institutt for skog og landskap, samt miljøbyråkratar frå Bergen kommune, Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommune. Fylkesmannen i Hordaland har ansvar for praktisk og fagleg gjennomføring av eit 1-dags fagmøte i oktober/november Planen er å gjennomføre tiltaket i løpet av Erfaringar frå MAREprosjektet 8.3 FoU-prosjekt plan, beredskap og klimatilpassing. 8.4 Klimaendringar som tema i kommunale arealplanar 8.5 Betre oversikt over I samarbeid med Hordaland fylkeskommune arrangerte Bergen kommune ein studietur til København og Malmø april Det var 26 deltakarar frå kommunar og fylkeskommune (både administrasjon og politikarar) samt frå staten (fylkesmannen og direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap). Hovudtema på studieturen var handtering av store mengder nedbør/overvatn i tettbygde strok. Oppstartmøte med alle samarbeidspartar vart organisert i april Vestlandsforsking har arbeidd med å finne aktuelle hendingar som skal analyserast og kommunar som skal prøve ut råd i ein planprosess. Prosjektet skal munne ut i undervisingsmodular om klimasårbarheit og klimatilpassing knytt til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Desse modulane skal både bli eit tilbod til studentar ved HiSF og som valfag i ein erfaringsbasert mastergrad i planlegging. Både Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommune handterar dette temaet på ein god måte i alle relevante planar. I perioden støtta blant andre fylkeskommunen opp under prosjektet Tiltaket er gjennomført. Framlegg: Går ut. Framlegg: Held fram Tiltaket går vidare. Tiltaket blir ikkje del av handlingsprogram 2013 då dette no er å rekne som ein integrert del av arbeidet med rettleiing av kommunale planar. Tiltaket går vidare og blir også omfatta av handlingsprogram for 19

195 skred- og flaumfare i kommunane interkommunalt skredsamarbeid i Hordaland, eit samarbeid som i 2012 er vidareført på permanent basis gjennom tilsetjing av ein interkommunal geolog for arbeid med skred- og flaumfare i ca 10 kommunar i fylket. I handlingsprogrammet 2012 har fylkeskommunen, etter møte med regionale fagetatar (NVE, Vegvesenet, Fylkesmannen), valt å støtte utarbeiding av eit faktaark om identifisering av skredvifter i bratte vassdrag, til bruk for kommunar. NVE har fått ansvar for utarbeiding av faktaarket, men utvalde kommunar, fylkesmann, Vegvesen, og fylkeskommune skal vere med å gje innspel på metodikk. Faktaarket skal etter planen vere ferdig utarbeidd i Fagmøte om klimatilpassing av landbruket på Vestlandet med utgangspunkt i Hordaland 8.7 Utgreiing av aktuelle klimatilpassingstiltak i landbruket på Vestlandet med utgangspunkt i Hordaland. FMLA vurderer det slik at tiltaket må utsetast til rapporten i tiltak 8.7 er ferdig. Behov for klimatilpassing i landbruket gir mange felles utfordringar på Vestlandet, og vi har avklart samarbeid mellom Fylkesmennene i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. Det er behov for delplanar for jordbruk, hagebruk og skogbruk, og ein må tenke gjennom kva ein ønskjer å få vurdert. Prosjektplan ferdig november. Utlysing november/ desember. Mål at utgreiinga skal vere ferdig i løpet av første halvår Slå saman med tiltak 8.7 Framlegg: Held fram Strategi 8C: Implementering av klimatilpassing i arbeidet med folkehelse og sosial tilhøve 8.8 Klimautfordringar og klimatilpassing i regional plan for folkehelsearbeidet i Hordaland. Vert vurdert i regional plan for Folkehelsearbeidet, som skal vedtakast av fylkestinget i juni Avklarast i regional plan for folkehelsearbeidet i Hordaland. Framlegg: Held fram 20

196 HORDALAND FYLKESKOMMUNE SAKNR. 301/12 MØTEDATO Saksgang Møtedato Saknr Saksordførar Samferdselsutvalet /12 Fylkesutvalet /12 Fylkestinget /12 Delvis bompengefinansiering av Askøypakken - søknad Samferdselsutvalet Røysting Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling vart vedteke mot 2 røyster (FRP). INNSTILLING 1. Fylkestinget godkjenner Søknad om delvis bompengefinansiering» av «Askøypakken» frå , under føresetnad av at Samferdselsdepartementet tillet at Askøypakken kan gjenomførast uavhengig av ein eventuell komande «regionpakke» for Bergensområdet. 2. Fylkestinget ber om at det vert etablert eit bompengeselskap for Askøypakken der fylkeskommunen har eigarmajoritet og fleirtal i styret. Fylkesutvalet får fullmakt til å teikna aksjar i selskapet og oppnemna styremedlemmer for fylkeskommunen. 3. Fylkestinget ber om at det vert oppretta eit kontaktutval med administrativ deltaking frå Statens vegvesen, bompengeselskapet for Askøypakken, Askøy kommune og Hordaland fylkeskommune med mandat å sikra framdrift, gjennomføring og tilstrekkjeleg finansiering for alle investeringsprosjekt/tiltak i Askøypakken. 67

197 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak Arkivnr. 800 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato DELVIS BOMPENGEFINANSIERING AV ASKØYPAKKEN - SØKNAD SAMANDRAG Hordaland fylkeskommune mottok søknad frå Askøy kommune om delvis bompengefinansiering av Askøypakken. I Askøypakken inngår 10 vegprosjekt på fylkesvegnettet på Askøy samt forslag til investeringar i kollektivtiltak i Askøy og i Bergen. Fylkestinget fatta eit prinsippvedtak om at prosjekta i Askøypakken kan delvis bompengefinansierast i samsvar med det skisserte opplegget i utkastet til søknad. Søknaden er no blitt oppdatert og kvalitetssikra og har vore gjennom ei «prekvalifisering» i Vegdirektoratet. Askøypakken har ei investeringsramme på ca.1,3 mrd. kr. for dei 10 høgaste prioriterte tiltaka, ei ramme på 200 mill.kr. til kollektivtiltak, samt ei ramme på omlag. 220 mill.kr. til andre tiltak (med lågare prioritet). Fylkesrådmannen legg fram bompengesøknaden for fylkespolitisk handsaming, med atterhald om at Samferdselsdepartementet godkjenner at Askøypakken kan fremjast som ein eigen bompengepakke uavhengig av ein eventuell «regionpakke» for Bergensområdet. Etter at fylkestinget har teke stilling til bompengesøknaden, blir han handsama vidare i Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet, før Stortinget gjer det endelege vedtaket. 68

198 FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Fylkestinget godkjenner Søknad om delvis bompengefinansiering» av «Askøypakken» frå , under føresetnad av at Samferdselsdepartementet tillet at Askøypakken kan gjenomførast uavhengig av ein eventuell komande «regionpakke» for Bergensområdet. 2. Fylkestinget ber om at det vert etablert eit bompengeselskap for Askøypakken der fylkeskommunen har eigarmajoritet og fleirtal i styret. Fylkesutvalet får fullmakt til å teikna aksjar i selskapet og oppnemna styremedlemmer for fylkeskommunen. 3. Fylkestinget ber om at det vert oppretta eit kontaktutval med administrativ deltaking frå Statens vegvesen, bompengeselskapet for Askøypakken, Askøy kommune og Hordaland fylkeskommune med mandat å sikra framdrift, gjennomføring og tilstrekkjeleg finansiering for alle investeringsprosjekt/tiltak i Askøypakken. Paul M. Nilsen Fylkesrådmann Anne Iren Fagerbakke Samferdselssjef Vedlegg: 1. Bompengesøknad frå Askøy kommune, datert Utdrag frå protokoll frå kommunestyremøte i Askøy Brev frå Statens vegvesen Region vest, frå

199 FYLKESRÅDMANNEN, : 1.0 Bakgrunn Hordaland fylkeskommune mottok søknad frå Askøy kommune om delvis bompengefinansiering av Askøypakken (vedlegg 1). I Askøypakken inngår 10 vegprosjekt på fylkesvegnettet på Askøy samt forslag til investeringar i kollektivtiltak i Askøy og i Bergen. Fylkestinget fatta eit prinsippvedtak om at prosjekta i Askøypakken kan delvis bompengefinansierast i samsvar med det skisserte opplegget i utkastet til søknad. Søknaden er no blitt oppdatert og kvalitetssikra og har vore gjennom ei «prekvalifisering» i Vegdirektoratet. Kommunestyret i Askøy gav i møte , sak 91/12, tilslutnad til bompengesøknaden (vedlegg 2). Samferdselsdepartementet har ikkje villa ta stilling til det vidare arbeidet med bompengesøknaden for Askøypakken før KVU for transportsystemet i Bergensområdet, med tilhøyrande ekstern kvalitetssikring (KSI), var gjennomført. Dette arbeidet er no gjenomført, men per i dag er det ikkje avklara om Askøypakken vert «løfta ut» frå ein eventuell framtidig «regionpakke» for Bergensområdet. Fylkesrådmannen legg fram bompengesøknaden for fylkespolitisk handsaming, med atterhald om at Samferdselsdepartementet godkjenner at Askøypakken kan fremjast som ein eigen bompengepakke uavhengig av ein eventuell «regionpakke» for Bergensområdet. Etter at fylkestinget har teke stilling til bompengesøknaden, blir han handsama vidare i Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet, før Stortinget gjer det endelege vedtaket. 2.0 Om Askøypakken 2.1 Kostnadsramme, prosjekt og finansiering Askøypakken har ei investeringsramme på ca.1,3 mrd. kr. for dei 10 høgaste prioriterte tiltaka, ei ramme på 200 mill.kr. til kollektivtiltak, samt ei ramme på omlag. 220 mill.kr. til andre tiltak (med lågare prioritet): Prosjekt Kostnad (mill.2012-kr.) Fv 563 Florvåg - Erdal 53 Fv 562 Lavik - Haugland 332 Fv 562 Strusshamnkrysset 5 Fv 562 Fromreide - Kjerrgarden, x Fv Fv 563 Strømsnes - Hop 123 Fv 562 Fauskanger sør 32 Fv 212 Lindhaugen - Slettebrekka 21 Fv 212 Slettebrekka - Hetlevik 165 Fv 213 Skiftesvik - Marikoven 53 Fv 216 Skansen (Kleppe) 15 Andre tiltak 220 Ramme kollektivtiltak 200 Plankostnader 5 Investeringer innkrevingsutstyr 10 SUM Askøypakken Ramma på 200 mill.kr. til kollektivttiltak er førebels fordelt slik: Tiltak Kollektivfelt, fremkommelighetstiltak Kollektivterminal Kleppestø, inkl. P&R etc. Mindre tiltak, hele Askøy (mindre P&R tiltak etc.) Ramme 70 mill.kr 120 mill.kr. 10 mill. kr 70

200 SUM 200 mill.kr. Kart 10 prosjekt 3 : 6: Rv 562 Fauskanger sør 4: Rv 562 Fromreide - Kjerrgarden 5: Rv 562 Strømsnes - Hop 2: Rv 562 Ny veg Lavik - Haugland 1: Rv 563 Florvåg - Erdal 10: Fv 216 Skansen (Kleppe) 8: Fv 212 Slettebrekka - Hetlevik 3: Rv 562 Strusshamnkrysset 7: Fv 212 Lindhaugen - Slettebrekka 9: Fv 213 Skiftesvik - Marikoven De ti viktigste tiltakene på vegnettet på Askøy Figur 35. Ti mest prioriterte strekninger for opprusting og ny veg på Askøy, dersom alle veger sees samlet på tvers av vegtyper. Fargene på vegstrekningene representerer kun ulike tiltak millionar (om lag 85 %) er bompengar. 200 millionar (om lag 15 %) er planlagt finansiert med fylkeskommunale midlar (jfr. vedtak i fylkestinget , sak 14/11). I fylkesrådmannen sitt framlegg til Handlingsprogram for Regional transportplan er det føresett lagt inn midlar frå 2016, med refusjon av godkjent forskottering til parsellen Bakervågflaten på Fv 563 i Askøy på 30 mill kroner i Trafikkgrunnlag Berekna trafikkgrunnlag for Askøypakken (2011-nivå:) 33 På kartet står det «RV» etter forvaltningsreforma er desse vegane fylkesvegar (FV). 71

201 Brutto trafikkgrunnlag, dvs. sum ÅDT i bomsnittene, en kjøreretning: gjennomkjøring (trafikk via flere bomstasjoner innen 1 time) gratis passering (passeringer over nr. 30 pr. mnd) Netto trafikkgrunnlag, før avvisning avvisning pga. bompenger (10%) og svinn (2%) Netto trafikkgrunnlag Det er føresett 2,0 % årleg trafikkvekst f.o.m til 2020, og 1,5 % trafikkvekst etter Rabatt og takstsystem Det er lagt opp til følgjande rabattordningar: 20 % flat rabatt på alle passeringar ved kjøp av abonnement i Askøypakken 10 % flat rabatt på alle passeringar for dei som har andre Autopass abonnement Takstgrupper lette og tunge, reknar med 10 % tunge kjøretøy Pris tunge køyretøy = 2* pris lette kjøretøy Maksimalt tal betalingar pr. måned: 30 (for abonnentar i Askøypakken) Timeregel som berre gjev 1 belasting ved flere passeringar av bomstasjonar innnanfor 1 time Bruk av timeregel og øvre tak på tal månadspasseringar føreset autopass-avtale. Prisstruktur for brukarar (2012 prisar): Køyretøy Full pris Askøy abonnement Ekstern abonnement Lette 22,50 18,00 20, Tunge 45,00 36,00 40, Bompengeordning Det er lagt opp til bompengeinnkrevjing (alternativ 3) følgjande stadar: Bomstasjon 1: Fv. 562 Øvre Kleppe, nord for kryss med Kleppevegen, innkreving mot sør Bomstasjon 2: Fv. 562, like nord for Stongafjellstunnelen, innkreving mot sør Bomstasjon 3: Fv.563, rampe fra Kleppestø inn mot Askøybrua Bomstasjon 4: Fv.563, Florvågvegen, vest for tunnel v/ Strand, innkreving mot vest. Maks pris pr. mnd., Askøy abonnement 72

202 Bompengesnitt Anbefalt løsning bomstasjon Kjøreretning med innkreving Bompengeinnkreving etter alternativ 3 (løysinga på kartet ovanfor) er vald ut frå omsynet til nytteprinsippet og lokalpoltiske målsetjingar om å fordela den økonomisk belastninga på flest mogleg trafikantar (sjå s. 27 i bompengesøknaden). Det er lagt opp til ein bompengeperiode på 14 år, med innkrevjing frå Investeringsperiode og planstatus Investeringsperioden for pakken er sett til fem år, frå Ein så kort investeringsperiode føreset planavklaring i god tid før byggestart. For dei fleste prosjekt ligg det føre stadfesta reguleringsplan. For nokre prosjekt er reguleringsplanen framleis til behandling. Når det gjeld investeringstiltak knytt til kollektivtiltak og andre tiltak, er planarbeidet i tidleg fase. 3.0 Fylkespolitisk vedtak Fylkestinget gjorde , sak 14/11, slikt vedtak: «1. Fylkestinget går inn for prinsippet om at prosjekta i Askøypakken kan delvis bompengefinansierast, i samsvar med det skisserte opplegget i Utkast til søknad om delvis bompengefinansiering av Askøypakken, frå Fylkestinget gjer endeleg vedtak om å tilrå bompengefinansiering når endeleg søknad ligg føre og er lokalpolitisk handsama i Askøy kommune. 2. Fylkestinget går inn for at den fylkeskommunale delen av Askøypakken vert 200 millionar kr. Endeleg løyving og prioritering av tiltaka vert gjort i samband med handsaminga av fylkesbudsjett og økonomiplan.» 4.0 Lokalpolitiske vedtak Kommunestyret i Askøy gjorde , sak 63/11, slikt vedtak: «Kommunestyret i Askøy godkjenner søknaden om delvis bompengefinansiering av Askøypakken slik den foreligger pr Kommunestyret gir formannskapet fullmakt til å behandle den endelige søknaden når denne foreligger oversendt fra Vegdirektoratet. Innkreving av bompenger på enkelte strekninger kan over tid føre til utilsiktet endring av trafikkmønster. Enkelte veistrekninger uten bompenger kan få en høyere trafikkbelastning enn det de er beregnet for. Kommunestyret vil derfor evaluere trafikkbildet etter 3 år og vurdere tiltak dersom dette viser seg 73

203 nødvendig for å dempe trafikken på enkeltstrekninger, av hensyn til trafikksikkerhet, bomiljø, myke trafikkanter og trafikkavvikling». Komunestyret i Askøy gjorde , sak 91/12, slikt vedtak: «Kommunestyret i Askøy viser til sitt tidligere vedtak sak 13/10 vedr brukerbetaling av vegutbygging på Askøy, samt Kommunestyrets godkjenning av utkast til søknad om delvis bompengefinansiering av Askøypakken, sak 63/11. Med bakgrunn i de overnevnte vedtak, godkjenner Kommunestyret formuleringen i Søknad om delvis bompengefinansiering av Askøypakken, dat » 5.0 Statens vegvesen si tilråding Statens vegvesen Region vest skriv i brev til HFK frå (Vedlegg 3): «Statens vegvesen vil rå til at Hordaland fylkeskommune tilrår søknaden frå Askøyveienen AS. Dersom det skulle bli endringar i føresetnadene for pakken som følgje av innhaldet i regjeringsnotatet, ber vi om at dette blir innarbeid i saka til fylkestinget.» 6.0 Bompengeselskap Etablering av bompengeselskap for Askøypakken er ikkje omtala i bompengesøknaden. Det må opprettast eit bompengeselskap for Askøypakken, seinast når saka vert sendt frå Vegdirektoratet til Samferdselsdepartementet. Bompengeselskapet er part i bompengeavtalen med Statens vegvesen og skal stå for finansiering av utbygginga, administrera innkrevinga og ha ansvaret for drift- og vedlikehald av innkrevingsutstyret. Eit bompengeselskap for Askøypakken kan organiserast på fleire måtar. HFK kan vera bompengeselskap, slik som t.d. for bompengepakken Stord vestside eller prosjektet Årsnes ferjekai. Eller det kan skipast eit aksjeselskap, anten eit nytt selskap eller eit omdanna eksisterande selskap (slik det vart gjort med Bømlo Vegselskap AS). Selskapet Askøyveiene AS, heileigd av Askøy kommune, har stått for utarbeidinga av bompengesøknaden for Askøypakken. Generelt tilrår Statens vegvesen at aksjeselskap vert nytta som selskapsform for bompengeselskap. I bompengeprosjekt kor det verte gjeve fylkeskommunal garanti, er det ein eigarstrategi i HFK å ha aksjefleirtalet for å sikra seg at økonomiske disposisjonar ikkje set den fylkeskommunale lånegarantien i fare. 7.0 Styringssystem for Askøypakken Det er blitt vanleg å oppretta «kontaktutval» for bompengepakkar (t.d. i Bømlopakken) som styringssystem for å sikra framdrift, gjennomføring og tilstrekkjeleg finansiering for alle investeringsprosjekt/tiltak, slik at innkrevjinga kan avsluttast innan utløpet av bompengeperioden. Eit kontaktutvalet vil ved reduserte inntekter/auka kostnader eller ved auka inntekter/ reduserte kostnader koma med tilråding om og innspel til sak som vert lagt fram for politisk handsaming i kommune og i fylkeskommune. Det er aktuelt at administrasjonen i prosjektkommunen, bompengeselskapet, Statens vegvesen og fylkeskommunen deltek - kvar med 1-2 deltakarar. 8.0 Fylkesrådmannen sine merknader Fylkesrådmannen viser til at fylkestinget , sak 14/11, har slutta seg til prinsippa for Askøypakken, slik dei låg føre i utkastet til bompengesøknaden. I søknaden frå er det gjort nokre vidare detaljeringar og oppdateringar, men prosjektporteføljen og bompengeopplegget er det same som i utkastet. Eg rår til at fylkestinget godkjenner Søknad om delvis bompengefinansiering» av «Askøypakken» frå , under føresetnad av at Samferdselsdepartementet tillet at Askøypakken kan gjenomførast uavhengig av ein eventuell komande «regionpakke» for Bergensområdet Askøypakken er initiert av Askøy kommune og handlar om lokale vegar på Askøy. Fylkesrådmannen meiner derfor at Askøy kommune må vera ein sentral aktør i etableringa av eit bompengeselskap. Det 74

204 er aktuelt å etablera eit aksjeselskap eigd av Askøy kommune og HFK. All innkreving og bruk av bompengane i Askøypakken skjer på fylkesveg og ein relativt stor del av bompengane skal nyttast til kollektivinnfrastruktur. Fylkesrådmannen finn det derfor rimeleg at fylkeskommunen får aksjemajoriteteten i eit slikt selskap- også sett i høve til at det kan bli aktuelt å gje fylkeskommunal lånegaranti. Fylkesrådmannen vil gå i dialog med Askøy kommune om å oppretta eit slikt bompengeselskap organisert som eit aksjeselskap. Fylkesrådmannen rår også til at det vert etablert eit kontaktutval for Askøypakken som styringssystem for å sikra framdrift, gjennomføring og tilstrekkjeleg finansiering for alle investeringsprosjekt/tiltak i Askøypakken 75

205

206

207

208

209

210

211

212

213 4 Sak 91/12 Arkivsak 06/ 2757 SØKNAD OM DELVIS BOMPENGEFINANSIERING AV ASKØYPAKKEN INNSTILLING: Kommunestyret i Askøy viser til sitt tidligere vedtak sak 13/10 vedr brukerbetaling av vegutbygging på Askøy, samt Kommunestyrets godkjenning av utkast til søknad om delvis bompengefinansiering av Askøypakken, sak 63/11. Med bakgrunn i de overnevnte vedtak, godkjenner Kommunestyret formuleringen i Søknad om delvis bompengefinansiering av Askøypakken, dat Møtebehandling: Daglig leder Askøyveiene AS Ivar Ådlandsvik med Konsulent Helge Hopen møtte. --Nina O. Fauskanger (AP), Viggo Kristiansen (AP), Bente Fengestad (H), Anton Fromreide (FrP) erklærte seg inhabile i hht Fvl 6 1.ledd bokstav e og fratrådte=31-- I hht Fvl 8 2.ledd drøftet kommunestyret dere habilitet. Inhabilitet enstemmig vedtatt. Ordføreren refererte Formannskapets innstilling. Jan Atle Jensen (DEM) foreslo: Kommunestyret kan ikke behandle søknaden slik den foreligger da den mangler vesentlige forhold som: Beregninger av kostnader på vegstrekninger er ikke dokumentert og lar seg ikke etterprøve. Spesielt gjelder dette de strekninger der planarbeidet ikke er ferdig. Beregninger av finanskostnader. Beregning av innkrevingskostnader. Det framgår ikke av søknaden om det er tatt forbehold mot at Askøypakken ikke kan innarbeides i en felles prioritering og finansiering med andre prosjekter som skal inngå i en Bergensregion-pakke der finansiering av Bybane til Åsane er et av delmålene. I tillegg synes plassering av bomstasjonene å være gjort i forhold til økonomi og ikke det hensiktsmessige. Følgende forhold er ikke (godt nok) utredet: Plassering kan være konkurransevridende ovenfor like næringer. Plassering av bomstasjoner som gjør at svært mange må betale bompenger på sin daglige arbeidsveg uten at (deler av) den samme vegstrekningen skal utbedres ved hjelp av bompenger. Dette kan være i strid med EU/EØS-regler. Plassering av bomstasjoner som gjør at en i noen tilfeller må betale bompenger for å komme til skole, barnehager og andre servicefunksjoner. Samferdselsdepartementet har vedtatt at folk kan fritas for bompenger for å nå skole, barnehager og andre servicefunksjoner. Viser her til avgjørelse om fritak for Klett og Være i forhold til bomringen i Trondheim. Søknaden må inneholde opplysninger om tilsvarende unntak bil bli gjort gjeldene for Askøy. Roald Steinseide (FrP) fremmet slik protokolltilførsel fra Askøy fremskrittsparti: Fremskrittspartiet tar til etterretning at kommunestyret har vedtatt innføring av brukerbetaling på Askøy, mot FrP sine stemmer. Med bakgrunn i dette finner FrP det demokratisk riktig å godkjenne formuleringen i søknaden.

214 5 Avstemming: Jan Atle Jensens forslag: Innstillingen: For 2 st. (2DEM) Mot 29 st. For 29 st. Mot 2 st. (2DEM) VEDTAK: Kommunestyret i Askøy viser til sitt tidligere vedtak sak 13/10 vedr brukerbetaling av vegutbygging på Askøy, samt Kommunestyrets godkjenning av utkast til søknad om delvis bompengefinansiering av Askøypakken, sak 63/11. Med bakgrunn i de overnevnte vedtak, godkjenner Kommunestyret formuleringen i Søknad om delvis bompengefinansiering av Askøypakken, dat Nina O. Fauskanger (AP), Viggo Kristiansen (AP), Bente Fengestad (H), Anton Fromreide (FrP) tiltrådte = Møtet hevet.

215 HORDALAND FYLKESKOMMUNE SAKNR. 302/12 MØTEDATO Saksgang Møtedato Saknr Saksordførar Fylkesutvalet /12 Fylkestinget /12 Forvaltningsrevisjonen "Bruk av digitale verktøy og læremiddel i vidaregåande skule" - orientering om nye tiltak Forslag til innstilling, sjå saksframlegg. 76

216 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak Arkivnr. 036 Saksh. Brathetland, Kjetil Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato FORVALTNINGSREVISJONEN BRUK AV DIGITALE VERKTØY OG LÆREMIDDEL I VIDAREGÅANDE SKULE ORIENTERING OM NYE TILTAK SAMANDRAG I fylkestinget i juni 2012 vart Forvaltningsrevisjonen Bruk av digitale verktøy og læremiddel i vidaregåande skule lagt fram som sak 35/12 (dokumentnummer ). På bakgrunn av revisjonen bad fylkestinget om tiltak på åtte punkt. Dette dokumentet svarar på dei åtte punkta, og utgjer samstundes grunnlaget for ein meir omfattande IKT-strategi for opplæringsavdelinga som er under utarbeiding. Fylkesrådmannen tar til etterretning at behovet for å gi IKT-satsinga tydelegare retning, mellom anna av di det er skilnader mellom skolar i skolar i høve til korleis digital kompetanse inngår i læringsarbeidet. Tydelege pedagogiske målsettingar og tiltak må bli betre forankra og realisert på kvar einskild skole. Med ei målretta satsing er det mogleg å nå målet frå reforma Kunnskapsløftet (2006) om at elevane skal få digital kompetanse gjennom opplæringa i alle fag. FORSLAG TIL INNSTILLING Fylkestinget tek svara på dei åtte punkta frå forvaltningsrevisjonen Bruk av digitale verktøy og læremiddel i vidaregåande skule til orientering. Paul M. Nilsen fylkesrådmann Svein L. Heggheim opplæringsdirektør Vedlegg: 1. Forvaltningsrevisjonen Bruk av digitale verktøy og læremiddel i vidaregåande skule 4 2. Handlingsplan

217 FYLKESRÅDMANNEN, : Definisjon av PDS og FAU: Pedagogiske digitalt støtteapparat (PDS) består per i dag av: På skolane: ekoordinator, IKT-konsulent, superbrukar It s Learning, webredaktør Regionalt: epedagogar (6 personar i 40% stilling for Oppl.avd.) Sentralt: Rådgjevarar på IT-seksjonen og Opplæringsavdelinga Faglege arbeidsutval (FAU) Hordaland fylkeskommune har 17 ulike FAU (fagutval), som dekkjer yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Dei er ein del av systemet for arbeid med kompetanseheving og utvikling i dei ulike faga. Oppgåvene inkluderer 1) kompetanseheving kurs og fagsamlingar, 2) læreplanarbeid vurdering eksamen, 3) faglege nettverk, 4) samarbeid med arbeidslivet. Forvaltningsrevisjonen Bruk av digitale verktøy og læremiddel i vidaregåande skule vart utarbeidd av Deloitte i 2012 på førespurnad av Kontrollutvalet. På bakgrunn av resultatet av revisjonen etterspurde fylkestinget tiltak i høve til desse punkta: 1. vurderer om det er behov for tiltak for å betre opplæringstilbodet i distrikta, t.d. gjennom å betre dialogen mellom epedagogar og skuleleiingane. 2. gjer analysar av rapportering om digital grunnkompetanse blant tilsette, og set i verk tiltak som er eigna for å redusere manglar på kompetanse innanfor bruk av digitale verktøy og læremiddel 3. aukar fokus på pedagogisk bruk av digitale verktøy og læremiddel (IKT som ein integrert del av undervisninga) og klasseleiing i «digitale» klasserom 4. bidrar til at PDS-funksjonane i større grad blir involvert i skuleleiinga sitt arbeid med digital utvikling ved alle dei vidaregåande skulane i fylket, og særleg vurderer ei klargjering av IKTkonsulenten si rolle i skulane si digitale utvikling 5. arbeider for at dei faglege arbeidsutvala i større grad blir nytta som ein arena for kompetanseutvikling- og deling for pedagogisk bruk av digitale verktøy og læremiddel i alle fag ved dei vidaregåande skulane. 6. sikrar at digital utvikling får naudsynt fokus i Opplæringsavdelinga sitt oppfølgingsarbeid overfor skulane. 7. set i verk tiltak som sikrar at alle skuleleiingane har tilstrekkeleg fokus på utviklinga av digital kompetanse, og arbeider for å redusere skilje mellom skulane som satsar på arbeidet med digitale verktøy og læremiddel og dei som i liten grad satsar på det. 8. set i verk tiltak for å betre samarbeidet og kommunikasjonen mellom Opplæringsavdelinga, skulane og IT-seksjonen 78

218 Dei åtte punkta blir her kommentert kvar for seg, sjølv om fleire av dei har ein indre samanheng. Tiltaka refererer til framtidig IKT-plan som er under ferdigstilling. Det er tenkt at IKT-planen blir lagt fram for opplærings- og helseutvalet i januar Vurderer om det er behov for tiltak for å betre opplæringstilbodet i distrikta, t.d. gjennom å betre dialogen mellom epedagogar og skuleleiingane. Tiltak 1.1 PDS og FAU - samarbeid iht utvikling av digital kompetanse i faga og tiltak 1.2 Skoleleiarar med formelt ansvar for den digitale satsinga. Desse tiltaka vil gi større fokus på satsinga generelt på skolane. Det fyrste tiltaket gir høve for skolane generelt til å nytta seg av vårt apparat for kompetanseheving, og det andre går på i kva grad skoleleiinga legg til rette for satsing på læring ved hjelp av IKT-verktøy. Dialogen mellom skoleleiarar og epedagogar vert også ivareteke av tiltak 1.1, då vi mellom anna føreslår opprettinga av seks erektorar (ein frå kvar region i HFK), som kjem til å inngå i PDS-systemet og kjem til å ha tett kontakt med epedagogane. Dei seks erektorane vil fungere som ei referansegruppe i høve til strategisk bruk av IKT. Vi ser imidlertid ikkje større behov for meir direkte oppfølging i distrikta enn andre stadar, då til dømes mykje kursing allereie skjer i regionane. Skilnader mellom skolane ser ikkje ut til å vere knytt til lokalisering. Bilete er meir nyansert enn det. Fleire skolar i distrikta ser tvert imot fordelane ved bruk av IKT-verktøy av di dei ikkje ligg i sentrale strok. Årsaker til skilnader mellom skolar har meir samanheng med om skoleleiinga ser fordelar med bruk av IKT i læringsarbeidet. 2. Gjer analysar av rapportering om digital grunnkompetanse blant tilsette, og set i verk tiltak som er eigna for å redusere manglar på kompetanse innanfor bruk av digitale verktøy og læremiddel Tiltak 2.1 Digital grunnkompetanse hjå lærarar og elevar - årleg kartlegging og oppfølging og tiltak 2.2 Digital grunnkompetanse hjå skoleleiarar - årleg kartlegging og oppfølging omtalar digital grunnkompetanse for lærarar, elevar og skoleleiarar. På bakgrunn av forskjellane i kompetanse mellom lærarane har opplæringsavdelinga allereie utvikla eit digitalt spørjeskjema for å kartleggje kva grunnleggjande kompetanse lærarane har og kva det er behov for meir opplæring i. Dette skjemaet samt krav til digital grunnkompetanse for lærarar ligg tilgjengeleg for skolane på Avdelingsleiarar med personalansvar har ansvar for kartlegginga og oppfølginga av den digitale kompetanse hjå lærarar, gjerne med hjelp i frå ekoordinator. Den digitale grunnkompetansen skal vere eit tema under medarbeidarsamtalane. Skolane har ansvar for kartlegging og oppfølging av tilsette, og rapporterer sine resultat til opplæringsavdelinga gjennom årleg tilstandsrapport. Vi veit ein del om kva som manglar i høve til verktøyskompetanse. Tilbakemeldingar gjennom PDS (Pedagogisk digitalt støttesystem), utviklingsplanane og tilstandsrapportane frå skolane gir oss kunnskap om kva som manglar av verktøykompetanse. Vi ser ikkje behov for vidare analyse av skolane si kartlegging og rapportering i høve til digital grunnkompetanse, då den verkelege utfordringa er knytt til å nytte IKT-verktøy på ein god pedagogisk måte, det vil seie å utvikle gode praksisar. Sjå svar på punkt 3. for meir om dette. 3. Auka fokus på pedagogisk bruk av digitale verktøy og læremiddel (IKT som ein integrert del av undervisninga) og klasseleiing i «digitale» klasserom Tiltak 3.1 Læringsprosjekt - innovasjon og forsking på eigen praksis. I dette arbeidet vil vi nytte læringsprosjekt som ein berebjelke. Vi har brukt mykje tid og ressursar på kursing utan at det har gitt forventa resultat i læringsarbeidet. Difor vil opplæringsavdelinga no i større grad nytte PDS og FAU inn mot skolebaserte prosjekt, der prosjekta er godt forankra i skoleleiinga og i IKT-miljøet (ekoordinator, superbrukarar og IKT-konsulent) på skolen. Desse prosjekta vert brukt i høve til kompetanseheving på lærar- og elevnivå, men dei kjem også til å bli nytta i høve til skoleutvikling. Prosjekta skal inn i utviklingsplanane og tilstandsrapportane til skolane, og kjem til å bli samtaleemne ved skolebesøk. 79

219 Læringsprosjekta vert vonleg prosjekt som gradvis endrar praksis på skolane, slik at potensialet i læring ved hjelp av IKT-verktøy vert realisert. Resultata av prosjekta skal bli delt på skolane, gjennom nettverk og på konferansen Dei gode døma. Praksis eller klasseleiing i digitale klasserom er avhengig av at lærarar brukar IKT-verktøy på ein god måte. Klasseleiing er eit vidt omgrep som også går på reglar, rutinar, det planmessige og mellommenneskelege. Dette har vi kurs for gjennom PDS-systemet. Men kjernen her er korleis og kvifor ein nyttar IKT-verktøy til ulikt formål. Å setje straum på gamle metodar held ikkje - nye praksisar må utviklast - og det er det læringsprosjekta er til for. 4. Bidrar til at PDS-funksjonane i større grad blir involvert i skuleleiinga sitt arbeid med digital utvikling ved alle dei vidaregåande skulane i fylket, og særleg vurderer ei klargjering av IKTkonsulenten si rolle i skulane si digitale utvikling Tiltak 1.2 Skoleleiarar med formelt ansvar for den digitale satsinga omtalar både opprettinga av seks erektorar og at ein skoleleiar på kvar einskild skole får eit formelt ansvar for den vidare satsinga på læring ved hjelp av IKT. Dei seks erektorane vert oppretta som det siste ledd i PDS-systemet, og vert mellom anna bindeleddet til regionleiarane. Desse seks erektorane fungerer allereie som medspelarar i arbeidet med IKT-strategi for Opplæringsavdelinga. Alle skolar skal vidare ha ein skoleleiar som er i dialog med PDS-systemet. Dette skal sikre at skolen mellom anna har gode målsettingar for IKT-området i utviklingsplanen, og at desse vert følgt opp. Vidare mogleggjer ei slik ansvarleggjering av skoleleiinga at opplæringsavdelinga på ein betre måte enn tidlegare kan medverka til at skolar med særlege behov vert følgt opp på ein god måte. PDS-systemet vert også knytt til skolane ved at mellom anna ekoordinatorar og epedagogar aktivt kjem til å delta i læringsprosjekt på skolane, som igjen skal vere forankra hjå skoleleiinga på kvar einskild skole. Ei anna gruppe som er tiltenkt ei aktiv rolle i læringsprosjekta, er IKT-konsulentane. Ved å knyte IKT-konsulentane tettare opp mot denne type pedagogisk utviklingsarbeid sikrar vi eit betre samarbeid innan IKT-miljøet generelt på skolane. Arbeidsoppgåvene til IKT-konsulentane er for tida under utgreiing, då opplæringsavdelinga saman med IT-seksjonen planlegg å endre på pc-ordninga og innfører eit nytt nett for elevar og tilsette. Tiltak 4.1 Klargjere IKT-konsulentane si rolle omtalar prosessen opplæringsavdelinga og IT-seksjonen har iverksett med IKT-konsulentane i høve til å diskutere kva arbeidsoppgåver dei nye ordningane eventuelt inneber. Kontaktutvalet, der seks utvalde IKT-konsulentar sit, er med på drøftingane, og ei dagssamling med alle IKT-konsulentane med innlegg og workshops er planlagt til vinteren. 5. Arbeider for at dei faglege arbeidsutvala i større grad blir nytta som ein arena for kompetanseutvikling- og deling for pedagogisk bruk av digitale verktøy og læremiddel i alle fag ved dei vidaregåande skulane. Tiltak 1.1 PDS og FAU - samarbeid i høve til utvikling av digital kompetanse i faga gjer greie for korleis miljøa som arbeider med kompetanseheving saman kan bli betre. PDS og dei faglege arbeidsutvala (FAU) skal saman planleggje og gjennomføre samlingar med fagleg digital kompetanseheving som siktemål. Vidare skal PDS og FAU-miljøa støtte opp om læringsprosjekta (tiltak 3.1) på skolane, og sørgje for at informasjon om prosjekta og eventuell deling av faglege opplegg skjer gjennom eigna medier og tenester. Kvar Pedagog får ansvar for å følgje opp tre faglege arbeidsutval kvar, slik at vi får ein kontinuerleg oppfølging av iverksette tiltak og diskusjon om moglege nye tiltak. Dei faglege arbeidsutvala skal vere den naturlege arena for diskusjon og erfaringsdeling i høve til eksisterande og nye NDLA-læremiddel 5. HFK er ein av initativtakarane til det interfylkeskommunale føretaket NDLA. Nettstadene til NDLA inneheld fagstoff for 22 ulike fag og er under konstant 5 Sjå for meir om NDLA 80

220 utvikling. Gode heildigitale læremiddel for skolefag (som alternativ til analoge læremiddel) er det framleis lite av, difor er det også viktig å marknadsføre dei som finst og vise til korleis desse kan nyttast på best mogleg måte. 6. Sikrar at digital utvikling får naudsynt fokus i Opplæringsavdelinga sitt oppfølgingsarbeid overfor skulane. Gjennom reforma Kunnskapsløftet frå 2006 er fylkeskommunen pålagt å sjå til at elevane får digital kompetanse i opplæringa i alle fag. Målsettinga her er omfattande, og krev at IKT-området vert eit fokusområde for all opplæring i dei vidaregåande skolane over tid. IKT-området er eitt av tre fokusområde i opplæringsavdelinga sitt Styringsdokument 6 til skolane. Prioriteringane i styringsdokumentet skal visa igjen i utviklingsplanen til skolane og følgjast opp i tilstandsrapporten. Vidare vert desse dokumenta, og dei særskilde tiltaksområda, gjenstand for drøfting ved skolebesøk. Opplæringsavdelinga sitt VBV-team gjennomfører årlege skolebesøk som del av systemet for Verksemdsbasert Vurdering (VBV) og har oppfølgingsansvar for utvikling innan IKTområdet. Tiltak 6.1 IKT-området i Opplæringsavdelinga sitt oppfølgingsarbeid skal sørgje for at pågåande utviklingsarbeid på skolane (læringsprojekt - tiltak 3.1/7.1/7.2), samt kartlegging og oppfølging av elev, lærar og skoleleiar sin digitale kompetanse (tiltak 2.1/2.2), vert utgangspunkt for å drøfte både kompetanseheving og skoleutvikling i møte med skolane. Læringsprosjekta skal og nyttast til utvikling av ein delingskultur på- og mellom skolane. Ikkje minst kan nye praksisar også delast på opplæringsavdelinga sin fremste delingsarena - konferansen Dei gode døma 7. Gjennom mellom anna Elevundersøkinga 8 og tilbakemelding frå skolane gjennom tilstandsrapportane, får opplæringsavdelinga eit bilete av kva for skolar som treng særskild oppfølging. Skolar med særskilde behov kjem til å få tilbod om ekstra oppfølging gjennom PDS/FAU samarbeidet. Tiltak 6.2 Undersøking av skolane sin bruk av NDLA og andre digitale hjelpemiddel og verktøy. I høve til NDLA og bruk av digitale læremiddel generelt ønskjer opplæringsavdelinga å føreta ei undersøking i høve til kor mykje og korleis ulike verktøy og læremiddel vert brukt. Dette vil og gi eit godt grunnlag for oppfølging av bruk av NDLA, samt danne eit bilete av den digitale satsinga totalt. 7. Set i verk tiltak som sikrar at alle skuleleiingane har tilstrekkeleg fokus på utviklinga av digital kompetanse, og arbeider for å redusere skiljet mellom skulane som satsar på arbeidet med digitale verktøy og læremiddel og dei som i liten grad satsar på det. Skoleleiarar må ha naudsynt digital kompetanse for å kunne leggje til rette for læringsarbeidet og utvikling av praksis i avdelingane og fagseksjonane. Tiltak 2.2. Digital grunnkompetanse hjå skoleleiarar set fokus på eigne ferdigheiter og naudsynt kjennskap til digitale verktøy. Med dette vert det sett krav til ein minimumskompetanse hjå alle skoleleiarar. 7.1 Leiingsprosjekt - innovasjon og forsking på eigen praksis Skoleleiarar må i tillegg til å ha minimumskompetanse utforske moglegheitene IKT-verktøy gir til dømes i høve til effektivisering av skoleleiinga. Administrative og pedagogiske verktøy kan nyttast til å frigjere tid til andre aktivitetar. Nokre av dei tidlegare nemnde læringsprosjekta (tiltak 3.1) kjem difor til å ha fokus på skoleutvikling slik at erfaringar også på dette området kan delast og danne grunnlag for vidare utvikling på skolane. 6 Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.pdf 7 Sjå for meir om konferansen Dei gode døma 8 Om Elevundersøkinga på Udir sine websider: 81

221 7.2 Forum for skoleleiing og IKT For å kunne dele erfaringar i høve til skoleleiing er det viktig å ha felles arena - fysiske og digitale. Det vil bli etablert ei ressursgruppe med skoleleiarar som ser på kva som er mogleg å få til i skjeringspunktet mellom skoleleiing og pedagogisk bruk av IKT-verktøy. Utprøving gjennom prosjekt og resultat frå desse blir planlagt presentert i forum for skoleleiing. Undervegs skal ressursgruppa opprette eit digitalt nettverk kor alle skoleleiarar kan følgje utviklinga av prosjekta. Vidare er det behov for å styrke bruken av digitale hjelpemiddel i arbeidet med resultatvurdering og styring av tiltak på skolane. Breiare datagrunnlag og nye arbeidsmåtar vil gi eit betre grunnlag for å målretta utviklingsarbeidet. Tiltak 7.3 Skoleutvikling, resultat og tiltaksstyring ved hjelp av IKT set fokus på dette. Krav til digital grunnkompetanse for alle aktørar, læringsprosjekta og tettare oppfølging gjennom undersøkingar og VBV-arbeidet vil gi auka fokus på den digitale satsinga og redusere skilnadene mellom skolane. 8. Set i verk tiltak for å betre samarbeidet og kommunikasjonen mellom Opplæringsavdelinga, skulane og IT-seksjonen Rapporten til Deloitte peikar på at den tekniske infrastrukturen er på plass ved dei vidaregåande skolane, og at både nettverk og utstyr i hovudsak fungerer. På same tid opplever skolane at dagens infrastruktur er lite fleksibel og i for lita grad legg til rette for innovasjon og framtidsretta bruk av digitale verktøy og hjelpemiddel. I samband med teknisk tilrettelegging er det særleg koplinga mellom tekniske og pedagogiske omsyn som ikkje er tilstrekkeleg i vareteke. Rapporten peikar på at kommunikasjon og samhandling mellom opplæringsavdelinga og IT-seksjonen ikkje er god nok, og at ein som følgje av dette manglar eit administrativt nivå og ledd som forvaltar skolane sine behov. Informasjon og dialog med skulane ved føreståande tekniske endringar og oppdateringar er òg manglande. Tiltak 8.1 Mandat for samhandling mellom Opplæringsavdelinga og IT-seksjonen. Fylkesrådmannen ser behov for eit nytt opplegg for samhandling mellom opplæringsavdelinga og ITseksjonen, der fokus på elevane si læring og den digitale utviklinga til skulane legg tydelegare føringar. Det må her trekkjast eit skilje mellom pedagogiske og administrative omsyn, slik at teknisk utviklingsarbeid får ei tydelegare forankring i behov i høve til læringsarbeidet på skolane. Som del av dette, for å styrkje samhandling og kommunikasjon mellom opplæringsavdelinga, ITseksjonen og skolane, skal det utarbeidast retningslinjer for koordinering av teknisk utviklingsarbeid som vedkjem skulane og korleis informasjon om planlagde endringar og tiltak blir kunngjort til skolane. Mandatet må omfatte vidareføring og styrking av møteplassar som alt finst: - månadlege møte Oppl-IT månadlege kontaktutvalsmøte mellom IKT-kons, Oppl og IT månadlege møte Oppl-ePedagogar samlingar Oppl, epedagogar, ekoordinatorar (2 i året) regionale møte epedagogar-ekoordinatorar/superbrukarar (2 per semester) samhandling mellom epedagogane og skolane gjennom året skolebesøk i samband med skolebasert vurdering konferansen Dei gode døma (500 lærarar deltek, Oppl og IT) 82

222 Tiltak 8.2 Styringsgruppe for læringsprosjekt/ skoleleiingsprosjekt: Utviklingsarbeid i form av læringsprosjekt/ skoleleiingsprosjekt (tiltak 3.1 og 7.1) iverksett frå hausten 2012 for å stimulere til innovasjon og pedagogisk utviklingsarbeid på skolane skal ha ei organisatorisk overbygning (styringsgruppe) der ein set på dagsorden resultat frå utviklingsarbeidet og ser dette i høve til vidare behov for investeringar og teknisk tilrettelegging for alle skulane. Tiltak 8.3 IKT-strategi for vidaregåande opplæring i HFK Som eit resultat av både forvaltningsrevisjonen og eit generelt behov for tydelegare retning i høve til satsing på IKT-verktøy i læringsarbeidet, vert det no utarbeidd ein IKT-strategi for vidaregåande opplæring i HFK. Strategien skal gjelde i perioden Strategien kjem til å inkludere tiltaka nemnde i dette dokumentet og fleire til, og skal til politisk handsaming i opplærings- og helseutvalet i januar 2013 (sjå under pkt. 3). For å få samarbeidet mellom Opplæringsavdelinga, skolane og IT-seksjonen til å fungere betre er det fyrst og framst viktig å sjå på kva oppgåver som ligg til den enkelte eining. Eit nytt mandat som fordeler oppgåver vert difor viktig, og dette mandatet vert meir utførleg handsama i IKT-strategien. 83

223 Handlingsplan tiltak i høve til åtte punkt formulert på grunnlag av forvaltningsrevisjonen Bruk av digitale verktøy og læremiddel i vidaregåande skule / evt. ref. til IKT-strategi inn her, at dette er del av IKT-plan som kommer, hvis Svein H. tenker seg det slik Tiltak Mål Beskriving av tiltak Resultatmål Start/slutt Ansvarleg 1.1 PDS og FAU - samarbeid i høve til utvikling av digital kompetanse i faga Styrke samarbeidet mellom PDS og FAU iht utvikling av digital kompetanse i faga. 1) Felles planlegging og gjennomføring av faglege samlingar 2) Samarbeid rundt læringsprosjekt 3) epedagog følgjer opp tre faggrupper kvar 4) PDS og FAU samarbeidar i høve til oppfølging av NDLA Betre organisering av fagleg utvikling iht pedagogisk bruk av IKTverktøy Leiar pedagogisk seksjon 1.2 Skoleleiarar med formelt ansvar for den digitale satsinga Etablere sterkare band mellom PDS-apparatet og skoleleiarar. 1) Ein skoleleiar med formelt ansvar for den digitale satsinga på kvar skole vert utpeikt av rektor 2) Seks regionale erektorar vert innført som del av det regionale PDSsystemet Betre oppfølging av satsinga på skolane Oppl. dir. 2.1 Digitale grunnkompetanse hjå elevar og lærarar - årleg kartlegging og oppfølging Grunnleggande ferdigheiter og kjennskap til digitale verktøy for elev og lærar. Krav til digital grunnkompetanse vert innført hjå elevar og lærarar. Årlig kartlegging og systematisk oppfølging på eigen skole. Rapportering til Opplæringsavd. gjennom årleg tilstandsrapport. Auka digitale ferdigheiter og auka læring i alle fag Leiar pedagogisk seksjon

224 2.2 Digital grunnkompetanse hjå skoleleiarar Minstekrav til grunnleggande ferdigheiter og kjennskap til digitale verktøy for leiarar. Kartlegging av behov og innføring av minstekrav vert innført hjå skoleleiarar. Årlig kartlegging og systematisk oppfølging på eigen skole. Rapportering til Opplæringsavd. gjennom årleg tilstandsrapport. Leiarar er i stand til betre å leggje til rette for utvikling i avdelingane og fagseksjonane Leiar pedagogisk seksjon 3.1 Læringsprosjekt - innovasjon og forsking på eigen praksis Styrke den pedagogiske og didaktiske kompetansen hjå lærarar. 1) Skolane iverksett og følgjer opp læringsprosjekt med støtte frå Opplæringsavd. 2) Læringsprosjekta inngår som grunnlag for aktivitet i faglege nettverk og i deling av undervisningsopplegg på- og mellom skolane Skolane jobbar aktivt med utprøving og evaluering av nye arbeidsmåtar Leiar pedaogisk seksjon 3.2 Vidare- og etterutdanning Styrke den pedagogiske og didaktiske kompetansen hjå lærarar. 1) Kurs og arbeidsseminar vert vidareutvikla i regi av PDS og FAU 2) Kartleggje og fremje eksterne fagtilbod Lærarar er betre i stand til å vidareutvikle og prøve nye arbeidsmåtar i faga Leiar pedaogisk seksjon 4.1 Klargjere IKTkonsuletane si rolle IKT-konsulentane har klare arbeidsoppgaver og tydelege ansvarsområde på skolane. Endring i nett og pc-ordning gjev nye utfordringar for IKT-konsulentane. Kartlegging av desse samt inngåande diskusjon mellom berørte partar skal resultera i ei rolleforståing betre rusta til å møta framtidige utfordringar. IKT-konsulentane bidrar meir aktivt i skolane si digitale utvikling Oppl. dir.

225 6.1 IKT-området i Opplæringsavdelin ga sitt oppfølgingsarbeid (Styringsdokument og System for Verksemdsbasert Vurdering VBV) Styrke opplæringsavdelinga sitt oppfølgingsarbeid ovanfor skolane. Utviklingsarbeid på skolane (læringsprojekt tiltak 3.1 og skoleleiingsprosjekt 7.1), samt kartlegging og oppfølging av elev, lærar og skoleleiar sin digitale kompetanse (tiltak 2.1/2.2) vert sentralt i oppfølgingsarbeidet. Fleire kjelder og beskrivelser av den digitale satsinga vert del av oppfølgingsarbeidet ovanfor skolane. Høst Leiar pedagogisk seksjon 6.2 Undersøking av skolanes bruk av NDLA og andre digitale hjelpemiddel Styrke opplæringsavdelinga sitt oppfølgingsarbeid og danne eit bilde av den digitale satsinga totalt. Opplæringsavdelinga vil foreta ei undersøking i høve til kor mykje og korleis ulike verktøy og læremiddel vert brukt. Fleire kjelder og beskrivelser av den digitale satsinga vert del av oppfølgingsarbeidet ovanfor skolane. Vår 2013 Leiar pedagogisk seksjon 7.1 Leiingsprosjekt - innovasjon og forsking på eigen praksis Integrere bruk av IKT i skoleleiinga - administrativt og pedagogisk. Skolane iverksett og følgjer opp leiingsprosjekt med støtte frå Opplæringsavd. Leiinga på skolane nyttar IKT-verktøy på nye måtar, som effektiviserar og betrar arbeid med skoleleiing. Vår Leiar pedagogisk seksjon 7.2 Forum for skoleleiing og IKT Utvikle kompetanse i skjæringspunktet mellom perspektiv på skoleleiing og bruk av digitale verktøy i arbeid med leiing. 1) Etablere ein ressursgruppe med skoleleiarar som jobbar med/ deltek i prosjekt iht leiing og IKT (knytt til utviklingsarbeid på eigen skole) 2) Diskusjon og deling av erfaringer i forum for skoleleiing og IKT (etablere arena for både fysiske og digitale møte) Skoleleiarar vert kjend med perspektiv på skoleleiing og utviklar eigne strategiar for bruk av IKT som reiskap for leiing. Vår Leiar pedagogisk seksjon 3) Fremje tilbod om kurs og kompetanseheving

226 7.3 Resultat og tiltaksstyring ved hjelp av IKT Styrke bruken av digitale hjelpemiddel i arbeidet med resultatvurdering og styring av tiltak på skolane. Nye verktøy for å registrere og handsama informasjon om utvikling på eigen skole vert prøvd ut og evaluert. Breiare datagrunnlag og nye arbeidsmåtar gir eit betre grunnlag for å målretta utviklingsarbeidet på skolane. Høst Leiar pedagogisk seksjon 8.1 Mandat for samhandling mellom ITseksjonen og Opplæringsavdelin ga Styrke samhandling og kommunikasjon mellom Opplæringsavdelingen, IT-seksjonen og skolane. Mandat for samhandling mellom ITseksjonen og Opplæringsavdelingen vert utarbeidd. Teknisk tilrettelegging hjå skolane har forankring i behov og konsekvensar for den digitale utviklinga hjå skolane og elevane si læring Oppl. dir. 8.2 Styringsgruppe for læringsprosjekt/ skoleleiingsprosjekt Nytta prosjekta til pedagogisk utviklingsarbeid og strategisk skoleutvikling generelt. Styringsgruppe vert nedsett for å drøfte resultat frå utviklingsarbeid hjå skolane (læringsprosjekt tiltak 3.1 og skoleleiingsprosjekt tiltak 7.1). Teknisk tilrettelegging samt satsing på kompetanseheving og læremiddel vert betre forankra i resultat frå pedagogiske utprøvingar på skolane Oppl. Dir. 8.3 IKT-strategi for vidaregåande opplæring i HFK Styrke fokuset på elevane si læring i den digitale satsinga. Opplæringsavdelinga, saman med skolane, utarbeidar felles IKT-strategi for vidaregåande opplæring i HFK for perioden Betre læring og auka fullføring hjå elevane. Vår 2013 Oppl. dir.

227 HORDALAND FYLKESKOMMUNE SAKNR. 303/12 MØTEDATO Saksgang Møtedato Saknr Saksordførar Fylkesutvalet /12 Fylkestinget /12 Konstituering i stillinga som fylkesrådmann Forslag til innstilling, sjå saksframlegg. 84

228 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga Personalseksjonen Arkivsak Arkivnr. 211 Saksh. Oen, Karstein Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato KONSTITUERING I STILLINGA SOM FYLKESRÅDMANN FYLKESORDFØRAREN; : Paul M. Nilsen har sin siste arbeidsdag som fylkesrådmann 13. desember Ny fylkesrådmann Rune Haugsdal tek til i stillinga 1. februar I perioden 14. desember 2012 til og med 31. januar 2013 er det behov for å konstituere i stillinga som fylkesrådmann. Etter å ha konferert med fylkesrådmannen gjer eg framlegg om at økonomidirektør Johnny Stiansen vert konstituert i stillinga som fylkesrådmann i ovannemnde periode. FORSLAG TIL INNSTILLING Økonomidirektør Johnny Stiansen vert konstituert i stillinga som fylkesrådmann i tida til og med Tom Christer Nilsen Fylkesordførar 85

229 HORDALAND FYLKESKOMMUNE SAKNR. 304/12 MØTEDATO Saksgang Møtedato Saknr Saksordførar Samferdselsutvalet /12 Fylkesutvalet /12 Snøggbåt Nordhordland - Bergen Samferdselsutvalet Pål Kårbø sette fram forslag til ny innstilling. «Fylkesutvalet er positiv til å nytta seg av opsjon på snøgbåten Bergen-Nordhordland frå hausten 2013 (ca 12. august). Før neste møte i fylkesutvalet vert fylkesrådmannen beden om å greia ut fylgjande. 1. Kostnad for opsjonen i aktuelt tidsrom 2. Kostnaden ved at kombikortet kostar periodekort på buss+300 kr. 3. Bakgrunnen for at pris på båt og buss Bergen-Askøy er den same, medan det mellom Nordhordland og Bergen er ein skilnad på om lag 700 kr/mnd.» Røysting Pål Kårbø sitt forslag til innstilling, innleiinga og pkt 1 fekk 6 røyster (A, SP, SV, KRF) og fall. Pål Kårbø sitt forslag til innstilling pkt 2 og 3 fekk 2 røyster (KRF, SV) og fall. Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling pkt 1 vart vedteke med 8 røyster. Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling pkt 2 vart vedteke med 12 røyster. INNSTILLING 1. Opsjon om å starte snøggbåtruta Nordhordland-Bergen med midlertidig materiell frå vert ikkje utløyst 2. Takstane for strekninga Bergen-Knarvik vert basert på 6 båtsoner. Takstane for strekninga Bergen-Frekhaug vert basert på 5 båtsoner. 86

230 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak Arkivnr. 854 Saksh. Nygård, Karl Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato SNØGGBÅT NORDHORDLAND-BERGEN SAMANDRAG Tema i denne saka er spørsmålet om opsjonen til å starte opp snøggbåtruta mellom Nordhordland og Bergen med midlertidig fartøy frå skal utløysast. I saka vert det vidare lagt fram framlegg om kva takstar som skal gjelde for sambandet. FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Opsjon om å starte snøggbåtruta Nordhordland-Bergen med midlertidig materiell frå vert ikkje utløyst 2. Takstane for strekninga Bergen-Knarvik vert basert på 6 båtsoner. Takstane for strekninga Bergen-Frekhaug vert basert på 5 båtsoner. Paul M. Nilsen Anne Iren Fagerbakke 87

231 FYLKESRÅDMANNEN, : Skyss utlyste i sommar to anbodskonkurransar om drift av snøggbåtruene i Hordaland. Konkurransen om bruttokontraktane gjeld rutepakke 1 Sunnhordland/Austevoll og rutepakke 5 Nordhordland- Bergen. Skyss tildelte12. november kontrakt for både rutepakke 1 og 2 til Norled. Det gjeld ein karensperiode på minimum 10 etter tildeling, og kontrakt er i skrivande stund ikkje inngått. For begge kontraktane er det lagt til grunn oppstart I kontrakten om rutepakke 5 gjeld i tillegg ein opsjon for oppdragsgjevar til å starte oppdraget med midlertidig fartøy frå Det vert jobba med å leggje tilhøva til rette for overgangsløysingar mellom buss og snøggbåt på Knarvik. Det vil i første omgong vere aktuelt med ei shuttlebuss-løysing. Fram mot oppstart vil det vidare bli jobba med å leggje forholda til rette for ulike fasilitetar som parkering, venteskur og liknande. Detaljane her er pt. ikkje klare. Spørsmålet om fylkeskommunen skal gjere gjeldande opsjonen om tidlegare oppstart på sambandet Nordhordland-Bergen Opsjonen om å starte Nordhordlandssambandet med midlertidig fartøy frå er av Norled prisa til kr. 11,6 millionar. Det er ikkje i kontrakten gjort noko særskilt regulering av kva opsjonen vil koste dersom oppstart skjer på anna tidspunkt i perioden mellom og Fylkesrådmannen viser til at det ikkje er avsett midlar i budsjettet til drift av Nordhordlandssambandet i I tillegg vil det verta vanskeleg å få på plass god nok kvalitet på alt rundt båtsambandet til Dette gjeld mellom anna tilbringartjeneste med buss, billettløysningar, parkering,ventefasiliteter og liknande. Det er etter Fylkesrådmannens syn viktig at alt rundt ei ny rute fungerer kvalitetsmessig frå dag ein slik at det tiltrekkjer seg nye kollektivbrukarar. Fylkesrådmannen vil på denne bakgrunn rå til at opsjonen ikkje vert utløyst. Tilrådd takstnivå for sambandet Nordhordland-Bergen Fylkeskommunen sitt takstsystem for snøggbåt er basert på seglingsavstander. Strekninga Bergen- Knarvik vil gje 9 båtsoner og strekninga Bergen-Frekhaug vil gje 8 båtsoner. Dersom ein skulle leggje til grunn reelle tal båtsoner på dette sambandet vil gjeldande takstreglar gje følgjande prisar på sambandet: Bergen-Knarvik Bergen-Frekhaug Båtsoner 9 8 Enkeltbillett, voksen Periodeprodukt, kun båt Periodeprodukt, kombi båt buss (sone bergen + S230) Periodeprodukt, Kombi båt+buss Sone 235 til 123 (Fløksand- Fjell(eksempelrelasjon)) Ettersom det mellom Bergen og Nordhordland er eit velutbygd busstilbod vil fylkesrådmannen anta at prisnivået over vil vere for høgt. For å gjere båttilbodet meir attraktivt for dei reisande vurderer fylkesrådmannnen at det er naudsynt å operere med færre båtsoner enn det som er reelt. Fylkesrådmannen tilrår difor at det vert lagt til grunn 6 båtsoner på strekninga Bergen-Knarvik og 5 båtsoner på strekninga Bergen Frekhaug. Dette vil gje følgjande prisar: 88

232 Bergen-Knarvik Bergen-Frekhaug Båtsoner 6 5 Enkeltbillett, voksen Periodeprodukt, kun båt Periodeprodukt, kombi båt buss (sone bergen + S230) Periodeprodukt, Kombi båt+buss Sone 235 til 123 (Fløksand-Fjell(eksempelrelasjon)) Fylkesrådmannen gjer merksam på at prisane overfor er 2012-prisar. Når det i budsjettet vert vedtekne endringar i takstane får dette sjølvsagt verknad for prisane overfor. Sannsynlege inntekter på sambandet Nordhordland-Bergen Fylkesrådmannen har sett på sannsynleg inntektsnivå basert på ei prissetting på 6 og 5 båtsoner, jf. figur 2 ovanfor. Når det gjeld sannsynleg belegg på denne ruta er det rimeleg å leggje til grunn at produksjonen frå Bergen om morgonane og til Bergen om ettermiddagen neppe vil ha særleg belegg, Er båten full til og frå Bergen på rushavgangane men tom når den går «motstrøms», blir belegget 50%. Båtsambandet Kleppestø-Nøstet har eit belegg på om lag 27% for rushtidsavgangane. Ettersom det er tale om ei ny rute som det kan ta tid å få innarbeidd hjå dei reisande, vil fylkesrådmannen leggje til grunn at ein bør utvise varsemd med å tru på beleggsprosent utover 25%. Ein beleggsprosent på 25% og prissetting basert på figur 2 ovanfor vil gje ei årleg inntekt på ruta på om lag 4 mill. kroner pr. år. Det kan imidlertid ikkje leggjast til grunn at dette utelukkande er nye inntekter for fylkeskommunen. I Synovate sin rapport om kartlegging av potensialet for ei båtrute mellom Bergen og Nordhordland er det lagt til grunn at 47% av dei reisande med snøggbåten vil vere passasjerar som i dag reiser med buss. Flytting av passasjerar frå buss til båt vil imidlertid påverke inntektene noko, då desse går over til dyrare prisprodukt, jf. figur 2 ovanfor. På bakgrunn av overnemnte legg fylkesrådmannen til grunn at snøggbåtruta Nordhordland-Bergen vil generere mellom kr. 2 og 3 millionar høgare inntekter for fylkeskommunen. 89

233 HORDALAND FYLKESKOMMUNE SAKNR. 305/12 MØTEDATO Saksgang Møtedato Saknr Saksordførar Samferdselsutvalet /12 Fylkesutvalet /12 Drosjeløyve med særskilte miljøkrav Samferdselsutvalet Røysting Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling vart samrøystes vedteke. INNSTILLING Fylkesutvalet tek saka til orientering 90

234 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak Arkivnr. 832 Saksh. Vedvik, Anne Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato DROSJELØYVE MED SÆRSKILTE MILJØKRAV SAMANDRAG Fylkesutvalet fatta i møte fylgjande vedtak: Hordaland fylkesutval ber om at det vert lagt fram sak om korleis erstatte drosjar med meir miljø- og lungevenlege hybrid/elektriske bilar. Fylkesutvalet ber og om at ein ser på korleis ein kan knyte dette opp mot løyvetildeling. Saka har både ei juridisk og ei teknologisk side, og fylkesrådmannen har vurdert begge. Alle drosjesentralane i Bergen køyreområde har fått høve til å uttala seg i saka. Fylkesrådmannen konkluderer med at Hordaland fylkeskommune i samband med løyvetildelinga, ikkje har juridisk høve til å stilla særskilte miljøkrav som går lengre enn køyretøyforskriftene. Med omsyn til den teknologiske utviklinga på bilmotorar og ulike drivstoffløysingar, samt den infrastrukturen som i dag ligg føre for denne type bilar, er det heller ikkje ønskjeleg å stilla slike krav per i dag. FORSLAG TIL INNSTILLING Fylkesutvalet tek saka til orientering Paul M. Nilsen fylkesrådmann Vedlegg: Brev til sentralane i Bergen køyreområde Brev frå A-Taxi Brev frå Bergen Taxi Brev frå Norgestaxi Bergen Anne Iren Fagerbakke samferdselssjef 91

235 FYLKESRÅDMANNEN, : Bakgrunn: Fylkesutvalet fatta i møte fylgjande vedtak: Hordaland fylkesutval ber om at det vert lagt fram sak om korleis erstatte drosjar med meir miljø- og lungevenlege hybrid/elektriske bilar. Fylkesutvalet ber og om at ein ser på korleis ein kan knyte dette opp mot løyvetildeling. Drosjenæringa sine synspunkt: Fylkesrådmannen har vurdert korleis løyvestyresmakta kan bidra til mindre utslepp frå drosjenæringa. Drosjesentralane i Bergen køyreområde har fått høve til å uttala seg. I brev av 5. oktober 2012 vart sentralane bedne om å sjå på fylgjande alternativ: a) Alle drosjeløyve som vert innlevert, vert lyst ut med vilkår om løyvehavar må nytta hybrid/elektrisk bil. b) Gjera om alle eller deler av dei ledige reserveløyva til ordinære drosjeløyve som får vilkår at løyvehavar skal nytta hybrid/elektrisk bil. Fire sentralar har p.t. svart. Sentralane er positive til tiltak som kan gjera drosjenæringa meir miljøvenleg, men dei er skeptiske til å «låsa» løyve til spesifikk teknologi som elektrisk/hybrid bil. A-Taxi: Det bør etter A-Taxis syn ikke pålegges løyvehavere å velge elektrisk bil per dags dato. Dette fordi batterikapasiteten på disse bilene per i dag ikke er i samsvar med drosjenes kjøreplikt. På en vanlig dag har el-bilene en kjørekapasitet på inntil 8 timer, på kalde dager halveres batterikapasiteten. På vanlige ladestasjoner vil det kreve 8 timers lading før bilen kan settes i trafikk igjen. Ved hurtigladestasjoner reduseres ladetiden til en halv time. Vi kan ikke se for oss et scenario i dag der det er tilrettelagt for hurtiglading av et stort antall drosjer til en hver tid. ( )Hvem skal dekke kostnaden for utbygging av ladestasjonene og strømforbruket på disse? Hvordan skal man sikre at disse ikke benyttes av privatbiler, men er tilgjengelig for drosjene hele tiden?( )Det er et kjent problem at batterikapasiteten reduseres vesentlig i bilens levetid, batterier til disse bilene er ekstremt kostbare. Løyvehaveren risikerer dermed å sitte med en bil som etter tre års drift som drosje gjerne ikke lenger har noen pengemessig verdi.( ) Det er for tiden for få leverandører av hybride alternativer slik at de fleste vil da ende opp med å velge gjerne varianten Toyota Prius ( )A-taxi fraråder på det sterkeste å omgjøre reserveløyver til hovedløyver. Etter vårt syn er løyveparken per i dag totalt sett for stor. ( ) Bergen Taxi: ( )Det forefinnes ingen rene elektriske biler pr. i dag som egner seg til taxitransport i stor skala. Utvalget er for smalt/dårlig. Rekkevidden er for liten, og tilgjengeligheten på ladestasjoner er lav.( )Det finnes i realiteten kun en hybridbil som i dag kan benyttes til taxidrift i noen skala (Toyota Prius).Konsekvensen av å «tvinge» taxinæringen til bruk av slik løsning er uholdbar. Slikt vedtak vil forfordele en bilprodusent/forhandler i lokalområdet, samt stille løyvehaver i en umulig forhandlingssituasjon. ( )Bilindustrien har stor fokus på og aktivitet rundt videre utvikling av miljøeffektiv teknologi. Bruk av biodiesel er kjent spesielt fra Sverige. Det pågår testing av hydrogen teknologi. Og ikke minst, det utvikles fortløpende ny motorteknologi (diesel/bensin) med lavere forbruk og mindre utslipp enn tidligere modeller. På grunn av hyppig skifte av kjøretøy vil taxinæringen raskt ute med å skifte til ny og mer miljøvennlig motorteknologi. ( )I Bergen forefinnes kun 3 hurtigladestasjoner for el. Ingen biodiesel stasjoner, 1 stasjon for bioetanol, ingen biogass stasjoner og ingen hydrogenstasjoner. ( ) Vi er noe usikker på i hvilken grad løyvemyndighetene, med grunnlag i regelverket, har adgang til å stille miljøkrav ved utlysing/tildeling av løyver. ( )En omgjøring av reserveløyver til ordinære løyver vil også implisere økt tilbudt kapasitet i Bergen kjøreområde. Økt kapasitet i kjøreområdet må ( )baseres på en reell behovsprøving, og ikke baseres på et ønske om å sette miljøkrav.( ) 92

236 Bryggen Taxi: Bryggen Taxi stiller seg positiv til en ordning hvor innleverte løyver utlyses med «miljøklausul». Vi vil gjøre oppmerksom på at det pr i dag ikke eksisterer avgiftsmessige incentiver til å ta i bruk el-bil som drosje. ( ) Dette betyr at det er en risiko at de nye løyvene som kommer ut vil kjøre som hybridbiler, med lokal forurensning som resultat. ( ) I 2015 har Toyota annonsert sin brenselcelle bil, og vi mener det er viktig å evaluere teknologiutviklingen kontinuerlig, slik at man sikrer at nyeste miljøteknologi er tilgjengelig for løyvehaverne. ( )Bryggen Taxi stiller seg positiv til forslaget om å konvertere utestående reserveløyver til løyver med miljøklausul ( ) Norgestaxi Bergen: ( )Norgestaxi Bergen AS har ikke store motforestillinger til at Hordaland Fylkeskommune innfører en ordning der innleverte løyver, blir lyst ut igjen med særskilte vilkår på miljøsiden. Vi stiller derimot stort spørsmålstegn om en skal i en slik prosess «låse» teknologisiden til kun hybrid/elektrisk biler. Vi viser i denne sammenheng bl.a. til ulike gassprosjekt som Hordaland Fylkeskommune har vært med å støtte. I tillegg vil det den nærmeste tiden mest sannsynlig bli lansert nye miljøvennlige løsninger på bilsiden, slike løsninger mener vi det må også bør tas høyde for i et eventuelt vedtak. ( )Norgestaxi Bergen AS er positiv til forslaget om at dagens innestående reserveløyver endres til hoveddrosjeløyuver, samt at et blir stilt særskilte miljøkrav til disse løyvene. ( ) Fylkesrådmannen sine merknader: Slik fylkesrådmannen vurderer saka, har denne ei teknologisk og ei juridisk side. Desse vert drøfta i det fylgjande. Teknologi Den teknologiske utviklinga når det gjeld miljøvenlege drivstoffløysingar er i stendig endring og endringane skjer relativt raskt. Dette gjeld óg innan fossilt drivstoff, og utsleppa frå nye konvensjonelle bensin- og dieselbilar går ned. Det vil såleis vera uheldig om Hordaland fylkeskommune bind taxinæringa i Bergen køyreområde til spesifikk teknologi som p.t. kan synest mest miljøvennleg. Fylkesrådmannen meiner at ut frå dagens infrastruktur og det ein veit om den teknologiske utviklinga innan bilindustrien, er det ikkje hensiktsmessig å setja krav til spesifikke teknologiske løysingar på dei bilane som skal nyttast på det einskilde drosjeløyve. Ein viser samstundes til at departementet i brev til Oslo kommune har påpeika at drosjene generelt er relativt nye, og at drosjene allereie av den grunn generelt har lågare utslepp en gjennomsnittleg bilpark og vesentleg lågare enn tunge køyretøy. Juridisk vurdering Det går fram av yrkestransportlova 11 at løyvestyresmakta kan setja vilkår for det einskilde løyve. Hordaland fylkeskommune har med heimel i 11sett som vilkår at einskilde løyve skal kunna transportera rullestol, einskilde løyve skal vera storbilar med plass til personar, einskilde løyve skal ha stasjonering i Arna, og einskilde løyve skal vera reserveløyve med avgrensa køyretid for å sikra ekstra kapasitet i periodar med stor etterspurnad. Slike vilkår er alle sett av omsyn til å sikra publikum eit godt og tilstrekkeleg drosjetilbod. Når det gjeld spesifikke miljøkrav er dette vilkår som i seg sjølv ikkje har noko med drosjetilbodet å gjera. Denne type omsyn ligg etter fylkesrådmannen sitt syn, utanfor løyvestyresmakta si mynde. Det er køyretøyforskrifta som regulerer kva utsleppskrav som kan verta stilt, og i departementet sitt brev til Oslo kommune går det fram fylgjande: «Departementet anser det imidlertid som meget tvilsomt at løyvemyndigheten har hjemmel i yrkestransportlovgivningen 11 til å kunne bestemme hvilke kjøretøy den enkelte løyvehaver ønsker å benytte som drosje, så lenge kjøretøyet oppfyller de utslippskrav som er regulert i kjøretøyforskriften.» Departementet ser ikkje noko i vegen for at den einskilde drosjesentral kan stilla miljøkrav som vilkår for tilknyting til sentralen. Men dette må då gjelda ved etablering av sentralen, og kravet må gjelda alle løyvehavarar som ønskjer å knyta seg til. 93

237 Hordaland fylkeskommune kan stilla særskilte miljøkrav som går lengre enn utsleppskrava i køyretøyforskriftene, men dette må skje i samband med anbodsutlysing av transporttenester, ikkje i samband med løyvetildeling. Dersom fylkeskommunen stiller slike miljøkrav i anbodsutlysingane, vil dette kunna stimulera drosjenæringa til å velja miljøvenlege biltypar. Fylkesrådmannen konkluderer såleis med at Hordaland fylkeskommune ikkje har høve til å stilla særskilte miljøkrav i samband med løyvetildelinga. Ut frå vurderinga av miljøteknologien på området, er dette heller ikkje ønskjeleg per i dag. 94

238 HORDALAND FYLKESKOMM Samferdselsavdelinga Til sentralane i Bergen køyreområde Vår ref.: (nyttast ved korrespondanse) Dykkar ref.: Bergen, 05. oktober /832/ANNVEDV DROSJELØYVE MED SÆRSKILTE MILJØKRAV Fylkesutvalet fatta i møte fylgjande vedtak: Hordaland fylkesutval ber om at det vert lagt fram sak om korleis erstatte drosjar med meir miljø- og lungevenlege hybrid/elektriske bilar. Fylkesutvalet ber og om at ein ser på korleis ein kan knyte dette opp mot løyvetildeling. I brev til Hordaland fylkeskommune har departementet slått fast at det ikkje er noko prinsipielt til hinder for at ein stiller miljøkrav til drosjeløyve. I medhald av yrkestransportlova 11 kan løyvestyresmakta setja vilkår for det einskilde løyvet. På denne bakgrunn vurderer no samferdselsavdelinga hensiktsmessige måtar å erstatta dagens drosjer med meir miljøvenlege bilar. Me ser for oss fylgjande alternativ: a) Det vert fremja politisk sak om at for alle drosjeløyve som vert innlevert, skal det setjast vilkår om hybrid/elektrisk bil når dei vert lyst ut på nytt. På denne måten vil bilparken gradvis endrast i meir miljøvenleg retning. b) Det vert fremja politisk sak om å omgjera alle eller ein del av dei ledige reserveløyva til ordinære drosjeløyve som får vilkår at det skal nyttast hybrid/elektriske bilar. Per dags dato er det 36 ledige reservedrosjeløyve i Bergen køyreområde. Me ber om sentralane sine synspunkt på desse alternativa og tek gjerne imot andre forslag og synspunkt. Rolf Rosenlund seksjonsleiar Anne Vedvik rådgjevar Kopi: Norges Taxiforbund avd. Norgestaxi Bergen Norges Taxiforbund avd. Bergen Taxi Norges Taxiforbund avd. Hordaland Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5 - Postadresse: Postboks Bergen - Telefon Telefaks Direkte telefon: E-postadresse: Bankgironr Foretaksnr. NO mva.

239

240

241 Hordaland Fylkeskommune >amferdselsavdelinga 'Postboks Bergen Ref: /832/ANNVEDV HORDALAND FYI.KESKOMMUNE Saknr.^o/Zoj?''/5Dok.nr. /o Arkivnr. ^ 3 ^ Eksp. U.off. I I OKT Saksh.^f/TAJl/B/.» _ J07000 Bergen Taxi Bergen, 17. oktober 2012 Vedr. Drosjeløyve med særskilte miljøkrav Viser til brev av vedrørende drosjeløyve med særskilte miljøkrav. 1. Innledning Innledningsvis vil vi peke på viktigheten av at det settes fokus på og rettes tiltak mot miljøforurensing. Taxinæringen har, sammen med øvrige aktører i transportsektoren, et spesielt ansvar for å bidra aktivt med det for øye å minimalisere utslipp og forurensing som skyldes utførte transportoppdrag. Norges Taxiforbund har miljøsatsing som prioritert arbeidsområde, og har innledet samarbeid med samferdselsdepartementet relatert til reduksjon av utslipp fra taxi Bergen Taxi har miljø som strategisk satsningsområde. Vedlagt er oppsummering av status omkring vår miljøstrategi. 2. Generelt vedørende bilvalg (hybrid/elektrisk bil) Figuren til høyre egner seg til å beskrive hvilke faktorer som må legges til grunn når en taxiorganisasjon og en løyvehaver skal vurdere egnet kjøretøy til bruk for transport av kunder, og relatert til grad av forurensing. Vi vil i denne sammenheng spesielt peke på følgende: Det forefinnes ingen rene elektriske biler pr, i dag som egner seg til taxitransport i stor skala. Utvalget er for smalt/dårlig. Rekkevidden er for liten, og tilgjengeligheten på ladestasjoner er lav Bergen Taxi/Kokstadveien 8/5257 Kokstad / E-post: firmapostøbergentaxi.no/resepsjon: V / Faks: /Org.nn: NO /

242 JD7000 Bergen Taxi Effekt/rekkevidde på el-biler forverres betydelig ved kaldt/nordisk klima. Teknologien er lite utprøvd og garanti/kostnadskonsekvensene ukjente eller usikre. Det finnes i realiteten kun en hybridbil som i dag kan benyttes til taxidrift i noen skala (Toyota Prius). Det er brukbare erfaringer med løsningen. Kjøretøyet har noe begrensinger hva gjelder plass/størrelse. Konsekvensen av å «tvinge» taxinæringen til bruk av slik løsning er uholdbar. Slikt vedtak vil forfordele en bilprodusent/forhandler i lokalområdet, samt stille løyvehaver i en umulig forhandlingssituasjon. Prius har i dag et utslipp på 96 gr C02 pr. km. Bilindustrien har stor fokus på og aktivitet rundt videre utvikling av miljøeffektiv teknologi. Bruk av biodiesel er kjent spesielt fra Sverige, Det pågår testing av hydrogen teknologi. Og ikke minst, det utvikles fortløpende ny motorteknologi (diesel/bensin) med lavere forbruk og mindre utslipp enn tidligere modeller. På grunn av hyppig skifte av kjøretøy vil taxinæringen være raskt ute med å skifte til ny og mer miljøvennlig motorteknologi. Ved valg av andre energibærere enn diesel og bensin er taxinæringen avhengig av tilfredsstillende tilgjengelighet knyttet til påfyll av drivstofff/energi, I Bergen forefinnes kun 3 hurtigladestasjoner for el, ingen biodiesel stasjoner, 1 stasjon for bioetanol, ingen biogass stasjoner og ingen hydrogenstasjoner (ref, klimabiler,no). 3. Løyvemyndig betenes adgang til å stille miljøkrav til drosjeløyve Vi er noe usikker på i hvilken grad løyvemyndighetene, med grunnlag i regelverket, har adgang til å stille miljøkrav ved utlysning/tildeling av løyver, I brev fra statsråd Liv Signe Navarsete av 3,11,2008 berøres dette (brev vedlagt). Ønske om «miljøløyver» kan helt klart ikke benyttes som et element i en reell behovsprøving. Det pekes på at det kan være aktuelt at det stilles miljøkrav ved tilknytning til en sentral, men da må kravet gjelde alle løyvehavere som er tilknyttet den aktuelle sentralen. Vi ser regelverket knyttet til løyveforvaltning slik: Drosjeløyve er en tillatelse for en person til å drive persontransport mot vederlag utenfor rute. Kvalifikasjonskrav til løyve er vandel, økonomisk habilitet og kompetanse. Løyvet er knyttet til personen og hans kvalifikasjoner, Løyvets varighet har ikke tidsmessige begrensninger, utover en aldersgrense for løyvehaver på 70 år, Behovsprøvingen/antallsreguleringen gir et behov for bruk av ansiennitet som tildelingskriterium for løyve, for å rangere mellom eventuelt flere søkere Bergen Taxi / Kokstadveien 8 / 5257 Kokstad / E-post: firmapostøbergentaxi.no / Resepsjon: /Faks: / Org.nr: NO /

243 JD7000 Bergen Taxi Løyvevilkårene setter rammer for driften av virksomheten i form av en geografisk avgrensning av kjøreområdet (herunder dekningsplikten) og eventuell samordnet organisering gjennom krav om tilknytning til sentral, I vesentlig grad er løyvevilkårene knyttet opp som krav til innehaver/virksomheten og ikke som krav til kjøretøy som skal benyttes i virksomheten (med unntak om et mulig krav om tilpasning til transport av passasjer i rullestol). Eksisterende regelverk stadfester at det ikke kan påføres radikale endringer i løyvevilkårene etter at tildeling av løyve har skjedd. En eventuell innføring av nye omfattende krav i standard løyvevilkår, rettet mot nye løyvehavere, vil medføre forskjellsbehandling av løyvehavere og er uheldig og konkurransevridende. Hvorvidt det i det hele tatt er i tråd med lover/forskrifter å innføre miljøkrav knyttet til løyvetildeling, bør i første omgang vurderes spesifikt av fylkeskommunen selv. Det synes uansett uhensiktsmessig å etablere løyvevilkår med spesifikke miljøkrav knyttet til kjøretøy som skal benyttes. Spesielt må vektlegges lengden på «løyveperioden», som er tilnærmet uendelig. Kjøretøy i taxivirksomhet blir som oftest skiftet ut etter 3-5 år. Det pågår en løpende teknologisk utvikling innen bilindustrien relatert til ny motorteknologi og lavere utslipp. Eventuelle løyver med spesifikke krav til teknologi (f.eks. hybrid/elektrisk) vil medføre at løyvehaver forhindres fra å ta i bruk annen og enda mer miljøvennlig teknologi som vil komme. På generell basis vil vi ikke anbefale at løyvemyndighetene stiller særskilte miljøkrav knyttet til utlysning/tildeling av drosjeløyver. 4. Fylkeskommunens fremsatte forslag/alternativer a) Alle drosjeløyver som innleveres lyses ut på nytt med vilkår om hybrid/elektrisk bil Med basis i det overstående mener vi det er uhensiktsmessig og «umulig» å stille krav til at fremtidige taxier (løyver) skal være basert på hybrid/elektrisk energiløsning, Eksisterende løsninger i markedet er ikke tilfredsstillende, ordningen er urettferdig/konkurransevridende og vi mener slike krav ikke er forenlig med gjeldende regelverk for løyvetildeling, Løyver med denne type spesifikke teknologikrav vil fratas mulighet til, på et senere tidspunkt, å velge annen og mer miljøvennlig teknologi, b) Omgjøring av ledige reserveløyver til ordinære løyver med krav om hybrid/elektrisk bil Med referanse til det overstående kan vi ikke se at det er formålstjenlig å etablere denne type miljøkrav, knyttet mot hybrid/elektrisk bil, En omgjøring av reserveløyver til ordinære løyver vil også implisere økt tilbudt kapasitet i Bergen kjøreområde. Økt kapasitet i kjøreområdet må, med referanse til overstående Bergen Taxi/ Kokstadveien 8 / 5257 Kokstad / E-post: firmapostøbergentaxi.no / Resepsjon: / Faks: / Org.nr: NO /

244 J07000 Bergen Taxi argumentasjon, baseres på en reell behovsprøving, og ikke baseres på et ønske om å sette miljøkrav. Dersom de 36 ledige reserveløyver, som det ikke er søkere til, pr, i dag representerer en transportkapasitet det strengt tatt ikke er behov for, vil en omgjøring til ordinære løyver medføre at det blir flere biler på veien totalt sett. Og derved høyere miljøutslipp. Vi mener også at et slikt tiltak potensielt sett forsterker miljøforurensingen, ved at løyver/kjøretøy som tidligere hadde begrenset kjøretid (reserveløyver brukes bare i trafikktopper) vil være i drift i lengre tidsrom, og derved øke belastningen på miljøet. Løyver med denne type spesifikke teknologikrav vil fratas mulighet til, på et senere tidspunkt, å velge annen og mer miljøvennlig teknologi. 5. Innspill fra Bergen Taxi Som aktør i transportnæringen er Bergen Taxi opptatt av å arbeide aktivt med tiltak som bidrar til en reell besparelse/reduksjon i miljøforurensingen (se vedlagte beskrivelse). Likeledes er vi opptatt av at myndigheter/samfunn prioriterer tiltak som virker i større skala, og som kan implementeres generelt i taxinæringen. Og ikke bare lokalt i de enkelte fylkeskommuner. Vi vil derfor peke på følgende alternative tiltak/aktiviteter: 1. Bruk av avgifter som motivasion til miliøvennlige valg I Norge har man valgt å la kjøpsavgiftene for ny bil være avhengig av bl.a. bilens miljøegenskaper, målt ved C02 og NOx-utslipp. Drosjene er gitt avgiftslette (40 prosent betaling) for øvrige avgiftskomponenter. For C02 og NOx-komponentene betaler taxieier full avgift. Figuren under at viser at avgifter er et effektivt virkemiddel for å påvirke kjøretøysammensetnjngen i en næring. I løpet av få år er C02-utslJppene fra norsk taxinæring vesentlig redusert gjennom endrede kjøpspreferanser Bergen Taxi / Kokstadveien 8/5257 Kokstad / E-post: firmapostabergentaxi.no/resepsjon: / Faks: /Org.nr: NO /

245 JD7000 Bergen Taxi Nyregistrerte taxi 2007 og 2011 etter COj-kiasse n Antall 2007 Antall A*.^^^ vov v6p <c^-' ^^ ^».V' vfev' ^.^^ ^n>^.,.^^ ONO Taxinæringens innvendinger mot endringene i avgiftssystemet 2009 er hovedsakelig at systemet favoriserer mindre biler med liten kapasitet og spesielt rammer maxitaxier og rullestoltransport, «Miljøavgiften» for slike kjøretøy er uforholdsmessig høy. Likeledes oppleves en forskjellsbehandling, med bakgrunn i at varebiler (grønne skilt) fremdeles betaler kun 25 % av miljøavgiften, og ikke 100 %. Vi mener at aktiv/klok bruk av avgifter som virkemiddel for en mer miljøvennlig bilpark (for all yrkestransport) vil medføre reelle og betydelige miljøbesparelser, ikke bare lokalt, men nasjonalt. Slikt ansvar påhviler selvsagt stortingspolitikerne. 2. Nasional regulering - etablering av miljøkriterier for alle taxikjøretøv I Sverige og Danmark benyttes ikke miljøkomponenter i avgiftsberegningen ved kjøp av bil. I Danmark er kjøpsavgiftene kun knyttet til verdien (pris) av kjøretøyet. I Sverige har man ingen avgift tilsvarende vår engangsavgift, men har en viss form for (lav) miljørelatert utregning av årsavgiften. Manglende bruk av økonomiske virkemidler i Sverige og Danmark, har gitt et behov for å finne virkemidler for å påvirke miljøegenskaper i kjøretøyparken (både for privatbiler og taxibiler) i form av reguleringstiltak. Grunnlaget for disse tiltak er former for miljøklassifisering av kjøretøyene (som i norsk sammenheng er gjort i avgiftssystemet). Hvorvidt direkte regulering eller påvirkning gjennom avgiftssystemet er det beste virkemiddel for et miljøgunstig valg av kjøretøy er vel i hovedsak en politisk diskusjon. Denne type tiltak må eventuelt også gjennomføres nasjonalt, og ikke av løyvemyndighetene i den enkelte fylkeskommune Bergen Taxi/Kokstadveien 8/5257 Kokstad / F-post: firmapostøbergentaxi.no / Resepsjon: /Faks: /Org.nr: NO /

246 J07000 Bergen Taxi 3, Lokalt samarbeid: Fylkeskommunen - Sentralene - Taxiforbundet Alle aktører i taxinæringen bør og må være opptatt av å etablere systemer og iverksette tiltak knyttet til å minimalisere miljøforurensingen, lokalt og globalt, I slik sammenheng er det avgjørende at det iverksettes aktiviteter som «monner» og er reelle, og ikke enkelttiltak som retter seg mer mot å markedsføre seg selv og sine aktiviteter mot markedet. Vi mener det er klokt og hensiktsmessig å sette miljøtiltak på dagsorden i forbindelse med jevnlige samarbeidsmøter som avholdes mellom taxinæringen og løyvemyndighetene, I slikt fora bør sentralene, så vel som representanter fra næringens interesseorganisasjoner delta. Slikt samarbeid vil medføre verdifull erfaringsutveksling, fokus på felles problemstillinger og derved bidra til oppnåelsen av reelle miljøbesparelser. Ved behov for ytterligere informasjon, vennligst kontakt undertegnede. ve Jafti Valeur Adrari. direktør Bergen Taxi/Kokstadveien 8/5257 Kokstad / E-post: firmapostøbergentaxi.no / Resepsjon: /Faks: /Org.nr: NO /

247

248

249 Hordaland fylkeskommune Att: Anne Vedvik, Rolf Rosenlund Pr. E-post Bergen 13/11-12 Drosjeløyve med særskilte miljøkrav, Deres brev av 5/ Alternativ A: Bryggen Taxi stiller seg positiv til en ordning hvor innleverte løyver utlyses med en «miljøklausul». Vi vil gjøre oppmerksom på at det pr idag ikke eksisterer avgiftsmessige incentiver til å ta i bruk el-bil som drosje. Det er bompenger og stedvis gratis lading som kan tilby besparelse. Dette betyr at det er en risiko at de nye løyvene som kommer ut vil kjøre som hybridbiler, med lokal forurensing som resultat. Vi mener at myndighetene må installere hurtig-ladestasjoner på strategiske steder hvis man ønsker at el-biler skal gå som drosje. I 2015 har Toyota annonsert sin brenselcelle bil, og vi mener det er viktig å evaluere teknologiutviklingen kontinuerlig, slik at man sikrer at nyeste miljøteknologi er tilgjengelig for løyvehaverne. Alternativ B: Bryggen taxi stiller seg positiv til forslaget om å konvertere dagens utestående reserveløyver til løyver med miljøklausul. Dette er under forutsetning av at også eksisterende løyvehavere tillates å søke på disse løyvene i tillegg til sitt nåværende løyve. Hvis reserveløyver ikke lenger skal være tilgjengelig, mener vi at det må finnes et alternativ for eksisterende løyvehavere til å anskaffe løyve/bil nr 2. Alternativt vil vi forslå å beholde noen av reserveløyvene og tilby disse til eksisterende løyvehavere, mens brorparten av reserveløyvene konverteres til løyver med «miljøklausul». Vennlig hilsen, Bryggen Taxi SA Toralf Alsaker Styreleder Bryggen Taxi SA, Postboks 69, 5879 Bergen. E-post: ledelse@bryggentaxi.no

Kollektivtilbod må prioriterast for å binde folk og fylke saman. Arbeiderpartiet vil prioritere skole, idrett og kollektiv.

Kollektivtilbod må prioriterast for å binde folk og fylke saman. Arbeiderpartiet vil prioritere skole, idrett og kollektiv. Fylkesutvalet 21.11.12 Ruth Grung sette fram slikt forslag: «Merknad frå Ap: Arbeiderpartiet vil skjerme skolane, idrett og i størst mogleg grad tenestene til befolkninga. Inndekninga ved å redusere administrasjon,

Detaljer

«Tillegg: 4.4 Gang og sykkelvegar Endre siste setning i andre kulepunkt: Dette er i hovudsak eit trafikksikringtiltak og folkehelsetiltak.

«Tillegg: 4.4 Gang og sykkelvegar Endre siste setning i andre kulepunkt: Dette er i hovudsak eit trafikksikringtiltak og folkehelsetiltak. Fylkestinget 11.12.12 Saksordførar Gustav Bahus presenterte planen. Ruth Grung sette fram slikt forslag: «Tillegg: 4.4 Gang og sykkelvegar Endre siste setning i andre kulepunkt: Dette er i hovudsak eit

Detaljer

Pensjonspremie KLP budsjettregulering

Pensjonspremie KLP budsjettregulering ØKONOMIAVDELINGA Arkivnr: 2014/989-15 Saksbehandlar: Ingvar Skeie Delegert saksframlegg Fylkesrådmannen etter fullmakt Pensjonspremie KLP 2014 - budsjettregulering Samandrag I denne saka vert budsjettert

Detaljer

MØTEBOK. Administrasjonsutvalet. Dato: 06. desember 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset, Fylkesutvalsalen rom 367 Hordaland Saknr.

MØTEBOK. Administrasjonsutvalet. Dato: 06. desember 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset, Fylkesutvalsalen rom 367 Hordaland Saknr. HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Administrasjonsutvalet Dato: 06. desember 2012 Kl.: 11.00-12.30 Stad: Fylkeshuset, Fylkesutvalsalen rom 367 Hordaland Saknr.: 3/12 MØTELEIAR Hellesnes, Mona Haugland (V)

Detaljer

MØTEBOK. Administrasjonsutvalet. Dato: 22. mars 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset, Fylkesutvalsalen rom 367 Hordaland Saknr.

MØTEBOK. Administrasjonsutvalet. Dato: 22. mars 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset, Fylkesutvalsalen rom 367 Hordaland Saknr. HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Administrasjonsutvalet Dato: 22. mars 2012 Kl.: 11.00 12.30 Stad: Fylkeshuset, Fylkesutvalsalen rom 367 Hordaland Saknr.: 1/12 MØTELEIAR Hellesnes, Mona Haugland (V) DESSE

Detaljer

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201002086-1 Arkivnr. 112 Saksh. Viken, Karl Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 23.03.2010-24.03.2010 FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR SAMANDRAG

Detaljer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL

Detaljer

Kl.: 11.00-16.40 09.00-15.40

Kl.: 11.00-16.40 09.00-15.40 HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Fylkestinget Dato: 11. desember 2012 12. desember 2012 Kl.: 11.00-16.40 09.00-15.40 Stad: Radisson SAS Royal Hotel (Bryggen), Bergen 73/12 ÅRSBUDSJETT 2013 / ØKONOMIPLAN

Detaljer

GRUPPER MED REDUSERT ELEVTAL

GRUPPER MED REDUSERT ELEVTAL HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200911238-1 Arkivnr. 523 Saksh. Haugland, Kjersti Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Yrkesopplæringsnemnda Møtedato 02.12.2009 16.12.2009

Detaljer

Kollektivstrategi for Hordaland - Årsrapport 2016

Kollektivstrategi for Hordaland - Årsrapport 2016 Trafikktilbod - Skyss Arkivnr: 2014/278-42 Saksbehandlar: Stine Karoline Olsen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 15.03.2017 Fylkesutvalet 30.03.2017 Fylkestinget

Detaljer

Til å skriva under møteboka saman med fylkesordføraren vart Beate Husa og Terje Kollbotn valde.

Til å skriva under møteboka saman med fylkesordføraren vart Beate Husa og Terje Kollbotn valde. Saksprotokoll i fylkestinget 14. og 15.06.2016 SAKSBEHANDLING Sakene vart behandla i slik rekkjefølgje: 14. juni: PS 28-46, 54/16. 15. juni: PS 48-51, 64, 65, 52, 53, 55-62, 37/16. OPNING AV FYLKESTINGET

Detaljer

1 a)endringar av investeringsbudsjettet

1 a)endringar av investeringsbudsjettet Aud Karin Oen sette fram slikt forslag: Årsbudsjett 2012 Økonomiplan 2012-2015 A) Årsbudsjett 2012 1 a) Investeringsbudsjett, som rådmann, men med følgjande justeringar 1 b) Driftsbudsjettet som rådmann,

Detaljer

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Drift- og utviklingsseksjonen Arkivsak 201112362-76 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Hordaland fagskulestyre Opplærings- og helseutvalet Møtedato

Detaljer

Miljøretta helsevern i fylkeskommunale skular status pr

Miljøretta helsevern i fylkeskommunale skular status pr Økonomiavdelinga Eigedomsseksjonen Notat Dato: 17.11.2014 Arkivsak: 2014/23411-1 Saksbehandlar: roaorv Til: HAMU Frå: Fylkesrådmannen Miljøretta helsevern i fylkeskommunale skular status pr. 15.11.14 Denne

Detaljer

Program for kollektivterminalar

Program for kollektivterminalar Program for kollektivterminalar Regional transportplan - strategi for infrastruktur for kollektivtrafikken Det er formulert følgjande strategiar for utvikling av infrastruktur for kollektivtrafikken Regional

Detaljer

FYLKESVEGAR - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2012

FYLKESVEGAR - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201200095-2 Arkivnr. 8 Saksh. Støle, Øivind Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 15.02.2012 22.02.2012-23.02.2012 13.03.2012-14.03.2012

Detaljer

OPPLÆRINGSAVDELINGA Fellestenester - OPPL AVD

OPPLÆRINGSAVDELINGA Fellestenester - OPPL AVD OPPLÆRINGSAVDELINGA Fellestenester - OPPL AVD Notat Dato: 30.09.2016 Arkivsak: 2016/4130-11 Saksbehandlar: oddber3 Til: Fylkestinget Frå: Fylkesrådmannen Konsekvensar av politiske framlegg rullering Skulebruksplanen

Detaljer

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak 201011409-3 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 23.02.2011-24.02.2011

Detaljer

Innkallinga gjeld valde medlemer i Fylkesvalstyret. Ved eventuelt forfall frå faste medlemer vil varamedlemer bli kalla inn særskilt.

Innkallinga gjeld valde medlemer i Fylkesvalstyret. Ved eventuelt forfall frå faste medlemer vil varamedlemer bli kalla inn særskilt. Møteinnkalling Utval: Møtestad: Fylkesvalstyret Fylkesutvalsalen, Fylkeshuset, Bergen Dato: 19.06.2014 Tid: 11:00 Dersom nokon av utvalet sine medlemmer ikkje kan møta og må melda forfall, vert dei bedne

Detaljer

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Arkivsak 201112362-44 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Hordaland fagskulestyre Fylkesutvalet Møtedato 05.06.2012 21.06.2012 FAGSKOLETILBOD PÅ STORD -

Detaljer

INNFARTSPARKERING I BERGENSOMRÅDET FYLKESKOMMUNEN SITT INVESTERING- OG DRIFTSANSVAR

INNFARTSPARKERING I BERGENSOMRÅDET FYLKESKOMMUNEN SITT INVESTERING- OG DRIFTSANSVAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200706630-21 Arkivnr. 8211 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 16.09.2009 23.09.2009 INNFARTSPARKERING I

Detaljer

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200801229-5 Arkivnr. 540 Saksh. Haugen, Birthe Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 16.11.2010 24.11.2010-25.11.2010 FØRESPURNAD

Detaljer

FYLKESVEGPLANEN 2006-2015

FYLKESVEGPLANEN 2006-2015 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200506709-20 Arkivnr. 812.T07 Saksh. Aarethun, Thorbjørn Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 15.02.2006 22.02.2006-23.02.2006

Detaljer

Saksordførar Alexander Fosse Andersen (Sp) gjekk gjennom bakgrunnen for og prosessen med planen.

Saksordførar Alexander Fosse Andersen (Sp) gjekk gjennom bakgrunnen for og prosessen med planen. Saksprotokoll i fylkestinget - 04.10.2016 Saksordførar Alexander Fosse Andersen (Sp) gjekk gjennom bakgrunnen for og prosessen med planen. Roald Kvamme (A) sette på vegner av gruppeleiarane fram slikt

Detaljer

Fylkesvegane i Hordaland - Plan- og byggeprogram 2017

Fylkesvegane i Hordaland - Plan- og byggeprogram 2017 SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/22536-6 Saksbehandlar: Lise Fauskanger Ådlandsvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 01.12.2016 Fylkesutvalet 08.12.2016 Fylkestinget

Detaljer

MØTEBOK. Fylkesutvalet. Solstrand Hotel og Bad, Os. Dato: 21. november november Kl.: Stad:

MØTEBOK. Fylkesutvalet. Solstrand Hotel og Bad, Os. Dato: 21. november november Kl.: Stad: HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Fylkesutvalet Dato: 21. november 2012 22. november 2012 Kl.: 13.00-16.40 09.00-15.05 Stad: Solstrand Hotel og Bad, Os Saknr.: 257/12-294/12 MØTELEIAR Fylkesordførar Tom-Christer

Detaljer

VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE

VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Arkivsak 200801439-108 Arkivnr. 015 Saksh. Smørdal, Jon-Rune Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 26.01.2012 VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE

Detaljer

Oppgradering av Fv 218 til Horsøy - Askøy kommune

Oppgradering av Fv 218 til Horsøy - Askøy kommune SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2016/34309-1 Saksbehandlar: Bente Utne Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 01.12.2016 Fylkesutvalet 08.12.2016 Fylkestinget 13.12.2016

Detaljer

Fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skolesekken for skuleåret

Fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skolesekken for skuleåret KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2018/368-9 Saksbehandlar: Charlotte Espeland Saksframlegg Saksgang Utval for kultur, idrett og regional utvikling 21.08.2018 Fordeling av spelemidlar til Den kulturelle

Detaljer

Dato: 14. september 2011 Kl.: 10.00 11.30 Stad: Bergen maritime vid. skole, V. Strømkai 10, Bergen Saknr.: 12/11-18/11

Dato: 14. september 2011 Kl.: 10.00 11.30 Stad: Bergen maritime vid. skole, V. Strømkai 10, Bergen Saknr.: 12/11-18/11 HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Hordaland fagskulestyre Dato: 14. september 2011 Kl.: 10.00 11.30 Stad: Bergen maritime vid. skole, V. Strømkai 10, Bergen Saknr.: 12/11-18/11 MØTELEIAR Stenseide, Roald

Detaljer

Bompengepakken Stord vestside - søknad om forlenga innkrevingsperiode

Bompengepakken Stord vestside - søknad om forlenga innkrevingsperiode SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/11966-7 Saksbehandlar: Bjørn Inge Midtgård Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Samferdselsutvalet 13.05.2014 Fylkesutvalet 20.05.2014 Fylkestinget 11.06.2014

Detaljer

MERKNADER TIL INNKALLINGA

MERKNADER TIL INNKALLINGA MØTEBOK Hordaland fagskulestyre Dato: 12. september 2013 Kl.: 10.00-11.15 Stad: Fylkeshuset, Agnes Mowinkelsgt. 5 møterom 367 et. Saknr.: 15/13-18/13 MØTELEIAR Stenseide, Roald (FRP) DESSE MØTTE Stenseide,

Detaljer

MØTEBOK. Hordaland fagskulestyre

MØTEBOK. Hordaland fagskulestyre HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Hordaland fagskulestyre Dato: 25. november 2010 Kl.: 10.30 11.30 Stad: Fylkeshuset, Agnes Mowinkelsgt. 5 møterom 367 3. etg. Saknr.: 8/10-13/10 MØTELEIAR Stenseide, Roald

Detaljer

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201209189-1 Arkivnr. 522 Saksh. Krüger, Ragnhild Hvoslef Saksgang Yrkesopplæringsnemda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 04.12.2012 04.12.2012 PÅBYGG

Detaljer

Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda.

Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda. Pressemelding HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Informasjonstenesta 5020 Bergen Telefon55 23 99 42 Telefaks55 23 99 49 Voss 10. juni 2008 Hordaland fylkesting sitt møte på Voss 10. juni 2008: Byggjer

Detaljer

INNEKLIMA VED SKULAR OG VEDLIKEHALDSETTERSLEP PÅ FYLKESKOMMUNALE SKULAR.

INNEKLIMA VED SKULAR OG VEDLIKEHALDSETTERSLEP PÅ FYLKESKOMMUNALE SKULAR. HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Eigedomsseksjonen Arkivsak 200804221-7 Arkivnr. 015 Saksh. Moe, Eivind Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 02.12.2008 INNEKLIMA VED SKULAR OG VEDLIKEHALDSETTERSLEP

Detaljer

Disponering av investeringsmidlar i opplæringssektoren 2017

Disponering av investeringsmidlar i opplæringssektoren 2017 OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/1128-1 Saksbehandlar: Marit Virkesdal Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 13/17 09.03.2017 Utval for opplæring og helse 30/17 14.03.2017

Detaljer

Fase 1: Transformasjon av Straume- området. Fase 2: Utbygging av en ny bydel - Bildetangen

Fase 1: Transformasjon av Straume- området. Fase 2: Utbygging av en ny bydel - Bildetangen Ein by under utvikling Fase 1: Transformasjon av Straume- området Fase 2: Utbygging av en ny bydel - Bildetangen Akvariet på Nordnes 3.000 boliger Flere skoler, herunder høyskoleavdelinger Flere barnehager

Detaljer

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200800701-29 Arkivnr. 800 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 05.06.2013 20.06.2013 ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP

Detaljer

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200803028-19 Arkivnr. 81 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Valnemnda Fylkestinget Møtedato 11.11.2009 18.11.2009-19.11.2009

Detaljer

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201208607-8 Arkivnr. 025 Saksh. Jon Rune Smørdal Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 25.09.2013-26.09.2013 15.10.2013-16.10.2013 NY PENSJONSORDNING

Detaljer

OPPFØLGING AV SYKKELSTRATEGI FOR BERGEN - HANDLINGSPLAN

OPPFØLGING AV SYKKELSTRATEGI FOR BERGEN - HANDLINGSPLAN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200908102-9 Arkivnr. 816 Saksh. Johansen, Helge Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 07.09.2011 22.09.2011 OPPFØLGING AV SYKKELSTRATEGI

Detaljer

HØYRINGSUTTALE TIL RAPPORTEN "BELØNNINGSORDNINGA FOR BEDRE KOLLEKTIVTRANSPORT OG MINDRE BILBRUK - FORSLAG TIL NY INNRETTNING"

HØYRINGSUTTALE TIL RAPPORTEN BELØNNINGSORDNINGA FOR BEDRE KOLLEKTIVTRANSPORT OG MINDRE BILBRUK - FORSLAG TIL NY INNRETTNING HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200507791-161 Arkivnr. 831 Saksh. Eriksrud, Marte Hagen Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 23.01.2013 31.01.2013 HØYRINGSUTTALE TIL

Detaljer

HØYRINGSUTTALE - STATENS VEGVESEN SITT FRAMLEGG TIL STATSBUDSJETTET 2012

HØYRINGSUTTALE - STATENS VEGVESEN SITT FRAMLEGG TIL STATSBUDSJETTET 2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201204259-1 Arkivnr. 810 Saksh. Johansen, Helge Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 06.06.2012 21.06.2012 HØYRINGSUTTALE - STATENS

Detaljer

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum 2011-2015

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum 2011-2015 KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2014/276-1 Saksbehandlar: Elisabeth Bjørsvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Kultur- og ressursutvalet 21.01.2014 Fylkesutvalet 30.01.2014 Fylkestinget

Detaljer

Hovudutfordringar i Nasjonal transportplan Dialogmøte med samferdsleministeren 24. juni 2019

Hovudutfordringar i Nasjonal transportplan Dialogmøte med samferdsleministeren 24. juni 2019 Hovudutfordringar i Nasjonal transportplan 2022-2033 Dialogmøte med samferdsleministeren 24. juni 2019 Fakta om Vestland fylke 43 kommunar, samla innbyggartal på om lag 633 000. Eksportverdien frå Vestland

Detaljer

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/10160-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Opplærings- og helseutvalet 11.02.2014 Fylkesutvalet 30.01.2014 Høyring Forslag

Detaljer

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD - Tilleggsakliste Kultur- og ressursutvalet Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD TILLEGGSAKLISTE - Kultur- og ressursutvalet... 2 Tilskot til utgreiing av lokalisering av Hordaland

Detaljer

FINANSFORVALTNINGA I 2011

FINANSFORVALTNINGA I 2011 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-13 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 22.02.2012-23.02.2012 13.03.2012-14.03.2012 FINANSFORVALTNINGA

Detaljer

KOLLEKTIVTRANSPORT - KJØP AV BYSTASJONEN TERMINAL OG TOMTEAREAL TIL BUSSANLEGG PÅ ASKØY

KOLLEKTIVTRANSPORT - KJØP AV BYSTASJONEN TERMINAL OG TOMTEAREAL TIL BUSSANLEGG PÅ ASKØY HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 200703432-39 Arkivnr. 8211 Saksh. Vetlesand, Nils E. Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 04.12.2008 09.12.2008-10.12.2008 KOLLEKTIVTRANSPORT -

Detaljer

MØTEBOK. Fylkesutvalet. Dato: 08. juni 2009 Kl.: 16.05 16.50 Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus Saknr.: 138/09-147/09 MØTELEIAR

MØTEBOK. Fylkesutvalet. Dato: 08. juni 2009 Kl.: 16.05 16.50 Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus Saknr.: 138/09-147/09 MØTELEIAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Fylkesutvalet Dato: 08. juni 2009 Kl.: 16.05 16.50 Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus Saknr.: 138/09-147/09 MØTELEIAR Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg DESSE MØTTEandeland,

Detaljer

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/416-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 07.02.2017 Høyring- endringar i opplæringslova Direkte

Detaljer

Følgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer Agnes H. Bernes

Følgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer Agnes H. Bernes Møteprotokoll Utval: Ungdommens fylkesutval Møtestad: Nordhordaland, 4. etg, Fylkeshuset Dato: 05.11.2015 Tidspunkt: 09:30-16:15 Følgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer Agnes H. Bernes

Detaljer

Fylkesvegane - Plan- og byggeprogram 2016

Fylkesvegane - Plan- og byggeprogram 2016 SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/22536-3 Saksbehandlar: Lise Fauskanger Ådlandsvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 11.11.2015 Fylkesutvalet 18.11.2015 Fylkestinget

Detaljer

SAK OM INNFØRING AV TIDSDIFFERENSIERTE BOMPENGAR (KØPRISING) I BERGEN

SAK OM INNFØRING AV TIDSDIFFERENSIERTE BOMPENGAR (KØPRISING) I BERGEN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201000250-7 Arkivnr. 810 Saksh. Øivind Støle Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 08.06.2010 16.06.2010 SAK OM INNFØRING AV TIDSDIFFERENSIERTE

Detaljer

SØKNADER FRÅ HORDALAND FYLKESKOMMUNE OM STATLEGE TILSKOTSMIDLAR FOR 2013 FOR AUKA TILGJENGE TIL KOLLEKTIVTRANSPORTEN

SØKNADER FRÅ HORDALAND FYLKESKOMMUNE OM STATLEGE TILSKOTSMIDLAR FOR 2013 FOR AUKA TILGJENGE TIL KOLLEKTIVTRANSPORTEN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201202536-1 Arkivnr. 146 Saksh. Grude, Nils Egil Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 23.04.2012 25.04.2012-26.04.2012 SØKNADER FRÅ HORDALAND

Detaljer

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201103360-4 Arkivnr. 522 Saksh. Alver, Inge Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 13.11.2012-14.11.2012 Opplæring i kinesisk språk (mandarin)

Detaljer

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato

Detaljer

FYLKESKOMMUNAL FORSKOTTERING TIL FRAMSKUNDING AV E39 SVEGATJØRN-RÅDAL ANLEGGSVEG TIL ENDELAUSMARKA

FYLKESKOMMUNAL FORSKOTTERING TIL FRAMSKUNDING AV E39 SVEGATJØRN-RÅDAL ANLEGGSVEG TIL ENDELAUSMARKA HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201200473-2 Arkivnr. 812 Saksh. Utne, Bente Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 15.02.2012 22.02.2012-23.02.2012 13.03.2012-14.03.2012

Detaljer

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-27 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 24.05.2013 11.06.2013-12.06.2013 FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL

Detaljer

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: 09.12.2013 Kl.: 12.00 14.45 Stad: Formannskapsalen Saknr.: 36/13 43/13

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: 09.12.2013 Kl.: 12.00 14.45 Stad: Formannskapsalen Saknr.: 36/13 43/13 Sttorrd kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 09.12.2013 Kl.: 12.00 14.45 Stad: Formannskapsalen Saknr.: 36/13 43/13 MØTELEIAR Johan Inge Særsten (Frp) DESSE MØTTE Wilhelm Engelsen (Ap) Jens Arne

Detaljer

Elev- og lærlingombod i HFK

Elev- og lærlingombod i HFK OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/22610-3 Saksbehandlar: Laila Christin Kleppe Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Y-nemnda 25.05.16 Utval for opplæring og helse 02.06.16 Fylkesutvalet 23.06.16

Detaljer

Kostnader for bussar i kø i Bergensområdet

Kostnader for bussar i kø i Bergensområdet SKYSS Arkivnr: 2014/278-34 Saksbehandlar: Gudrun Einbu Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 06.09.2016 Fylkesutvalet 21.09.2016 Fylkestinget 04.10.2016 Kostnader for

Detaljer

Sakliste: Saknr. Sak 01/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Sakliste: Saknr. Sak 01/13 Godkjenning av innkalling og sakliste Sttorrd kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 04.02.13 Kl.: 12.00 14.15 Stad: Formannskapsalen Saknr.: 01/13 11/13 MØTELEIAR Wilhelm Engelsen (Ap) DESSE MØTTE Jens Arne Stautland (Krf) Kristin Ankervold

Detaljer

FRAMTIDIG FERJELEIE PÅ VARALDSØY I KVINNHERAD KOMMUNE

FRAMTIDIG FERJELEIE PÅ VARALDSØY I KVINNHERAD KOMMUNE HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200306601-10 Arkivnr. 815 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 14.05.2008 22.05.2008 FRAMTIDIG FERJELEIE

Detaljer

Omklassifisering av fylkesveg til riksveg

Omklassifisering av fylkesveg til riksveg SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/11976-38 Saksbehandlar: Helge Inge Johansen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 11.11.2015 Fylkesutvalet 03.12.2015 Omklassifisering

Detaljer

Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje om innspel til justeringar i busstilbodet.

Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje om innspel til justeringar i busstilbodet. Kvinnherad kommune MØTEINNKALLING Utval Komite for næring og samferdsel Møtedato 21.11.2014 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 09:00 Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje

Detaljer

«Forslag til nytt punkt: Spesialundervisninga vert skjerma for nedskjeringar, særleg elevar med rett til eit 4.og 5. opplæringsår.

«Forslag til nytt punkt: Spesialundervisninga vert skjerma for nedskjeringar, særleg elevar med rett til eit 4.og 5. opplæringsår. Fylkestinget 11.12.12 Tom Skauge sette fram slikt forslag: «Forslag til nytt punkt: Spesialundervisninga vert skjerma for nedskjeringar, særleg elevar med rett til eit 4.og 5. opplæringsår.» Tom Skauge

Detaljer

Kollektivterminalanlegg på Nonneseter - kjøp av bygningsmasse og feste av grunn

Kollektivterminalanlegg på Nonneseter - kjøp av bygningsmasse og feste av grunn ØKONOMIAVDELINGA Arkivnr: 2015/3373-1 Saksbehandlar: Helge Haavardtun Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 22.04.2015 Fylkestinget 09.06.2015 Kollektivterminalanlegg på Nonneseter

Detaljer

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200703590-60 Arkivnr. 8 Saksh. Raddum, Gunhild Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 13.01.2010 21.01.2010 SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL

Detaljer

Redusert eigendel elev-pc

Redusert eigendel elev-pc OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/3598-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 09.05.2017 Redusert eigendel elev-pc Samandrag Under

Detaljer

Kopi til: Arkivnr.: 812. Nytt fylkesvegnett - styrings- og rapporteringssystem mellom partane Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen Region vest

Kopi til: Arkivnr.: 812. Nytt fylkesvegnett - styrings- og rapporteringssystem mellom partane Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen Region vest HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen NOTAT Til: Fylkesutvalet Samferdselsutvalet Dato: 03. februar 2010 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 200907758-4/OYVSTO Kopi til: Arkivnr.: 812 Nytt fylkesvegnett -

Detaljer

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.01.2016 3917/2016 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato UD 2/16 Utdanningsutvalet 04.02.2016 Fylkesrådmannens tilråding 17.02.2016 Fylkesutvalet

Detaljer

Før møtestart vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad for kontrollutvalet.

Før møtestart vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad for kontrollutvalet. kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 18.04.12 Kl.: 10.00 14.00 Stad: Møterom 2. etasje i Rådhuset Saknr.: 09/12 18/12 MØTELEIAR Helga Nøtland Auestad (Krf) DESSE MØTTE Gro Rydland (SP) Johannes

Detaljer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011. Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2011/382-16 Asbjørn Skår Saksgang Saksnr Utval Møtedato Komite for oppvekst, kultur, idrett Formannskapet Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Detaljer

MØTEBOK. Kontrollutvalet. Dato: 19. november 2013 Kl.: Stad: Møterom 425 Sunnhordland Saknr.: 34/13-36/13. MØTELEIAR Vebenstad, Torill (A)

MØTEBOK. Kontrollutvalet. Dato: 19. november 2013 Kl.: Stad: Møterom 425 Sunnhordland Saknr.: 34/13-36/13. MØTELEIAR Vebenstad, Torill (A) HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Kontrollutvalet Dato: 19. november 2013 Kl.: 10.00 12.10 Stad: Møterom 425 Sunnhordland Saknr.: 34/13-36/13 MØTELEIAR Vebenstad, Torill (A) DESSE MØTTE Fauskanger, Magne

Detaljer

MØTEBOK. Hovudutval for samferdsle. Møtedato Kl. Kl 15:00 19:30

MØTEBOK. Hovudutval for samferdsle. Møtedato Kl. Kl 15:00 19:30 MØTEBOK Organ Møtestad Hovudutval for samferdsle Sygna, Fylkeshuset Møtedato 13.05.2015 Kl. Kl 15:00 19:30 Faste medlemer til stades: Arnstein Menes Sp Anders Ryssdal Sp Bjørg Bergheim Sp Helen Hjertaas

Detaljer

SØKNAD FRÅ XPRESSBUSS.NO OM RUTELØYVE FOR STREKNINGA BERGEN SENTRUM - BERGEN LUFTHAVN

SØKNAD FRÅ XPRESSBUSS.NO OM RUTELØYVE FOR STREKNINGA BERGEN SENTRUM - BERGEN LUFTHAVN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201110927-3 Arkivnr. 831 Saksh. Rødseth, Tor Harald Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 23.11.2011 28.11.2011 SØKNAD FRÅ XPRESSBUSS.NO

Detaljer

GENERELT OM PLANFORSLAGET TIL NTP Pkt 1 som innstillinga.

GENERELT OM PLANFORSLAGET TIL NTP Pkt 1 som innstillinga. Samferdselsutvalet 08.05.12 Torill Eidsheim sette på vegne av utvalet fram forslag til ny innstilling. GENERELT OM PLANFORSLAGET TIL NTP 2014-2023 Pkt 1 som innstillinga. BEHOV FOR AUKA RAMMER Tillegg

Detaljer

Tilskot i Prosjekt Bryggen - Framlegg til presisering av retningsliner

Tilskot i Prosjekt Bryggen - Framlegg til presisering av retningsliner KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2014/14018-4 Saksbehandlar: Inger Lena Gåsemyr, David Aasen Sandved Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 14.09.2016

Detaljer

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Næringsseksjonen Arkivsak 201101622-5 Arkivnr. 146 Saksh. Imset, Øystein Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 19.05.2011 FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011 SAMANDRAG

Detaljer

VOSSAPAKKO UTVIDING AV BOMPENGESØKNAD RV 13 JOBERGTUNNELEN

VOSSAPAKKO UTVIDING AV BOMPENGESØKNAD RV 13 JOBERGTUNNELEN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201002107-21 Arkivnr. 811 Saksh. Utne, Bente Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 18. 09.2013 25.09.2013 15.10.2013 VOSSAPAKKO

Detaljer

HØYRINGSUTTALE - TIL RAPPORT OM REGIONALE BOMPENGESELSKAP

HØYRINGSUTTALE - TIL RAPPORT OM REGIONALE BOMPENGESELSKAP HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201210399-2 Arkivnr. 810 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 23.1.2013 31.1.2013 HØYRINGSUTTALE - TIL RAPPORT

Detaljer

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311 Sak 30/10 MØTEBOK PORTEFØLJESTATUS PR FEBRUAR 2010 Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 20/10 Os Formannskap PS 16.03.2010 / Os kommunestyre

Detaljer

HANDLINGSPROGRAM OG PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR FYLKESVEGANE

HANDLINGSPROGRAM OG PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR FYLKESVEGANE HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201308675-1 Arkivnr. 810 Saksh. Johansen, Helge Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 18.11.2013 21.11.2013 10.12.2013-11.12.2013

Detaljer

MØTEBOK. Yrkesopplæringsnemnda. Dato: 06. november 2012 Kl.: Stad: Wigandgården 8. etg. møterom: Forskjønnelsen Saknr.

MØTEBOK. Yrkesopplæringsnemnda. Dato: 06. november 2012 Kl.: Stad: Wigandgården 8. etg. møterom: Forskjønnelsen Saknr. HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Yrkesopplæringsnemnda Dato: 06. november 2012 Kl.: 13.00-14.30 Stad: Wigandgården 8. etg. møterom: Forskjønnelsen Saknr.: 8/12-12/12 MØTELEIAR Pilskog, Roger (LO) DESSE

Detaljer

Tittel: Budsjett 2016/Økonomiplan

Tittel: Budsjett 2016/Økonomiplan Saksprotokoll Organ: Fylkestinget Møtedato: 08.12.2015 Sak nr.: 15/8709-12 Internt l.nr. 53441/15 Sak: 68/15 Tittel: Budsjett 2016/Økonomiplan 2016-19 Behandling: Frå fylkesutvalet låg det føre slik tilråding

Detaljer

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200910136-1 Arkivnr. 523 Saksh. Lisen Ringdal Strøm, Janne Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 10.11.2009 18.11.2009-19.11.2009

Detaljer

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200600700-17 Arkivnr. 135 Saksh. Gilberg, Einar Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 20.06.2006 22.06.2006 VAL AV PILOTPROSJEKT

Detaljer

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2 OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/3318-1 Saksbehandlar: Gerd Kjersti Ytre-Arne Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 02.05.2017 Utval for opplæring og helse 09.05.2017 Fylkesutvalet

Detaljer

Møre og Romsdal fylkeskommune føreset at bindingane frå NTP står fast og kjem tidleg i perioden.

Møre og Romsdal fylkeskommune føreset at bindingane frå NTP står fast og kjem tidleg i perioden. Behandling i Fylkestinget - 18.10.2016 Tove-Lise Torve (AP) fremma følgjande fellesforslag: «Saker til Statsbudsjettet: Samferdsel Tunnelsikring Ny tunnelsikringsforskrift krev at tunnelane på fylkesvegnettet

Detaljer

Oppfølging av Skyss sin miljøstrategi. Klimarådet Hordaland 7. november

Oppfølging av Skyss sin miljøstrategi. Klimarådet Hordaland 7. november Oppfølging av Skyss sin miljøstrategi Klimarådet Hordaland 7. november Miljøstrategi for Skyss Februar 2014 Skyss sitt viktigaste miljøbidrag er å få fleire til å setje frå seg bilen og reise kollektivt!

Detaljer

Dato: 16. februar 2012 Kl.: Stad: Møterom 425 Sunnhordland i Fylkeshuset Saknr.: 8/12-13/12

Dato: 16. februar 2012 Kl.: Stad: Møterom 425 Sunnhordland i Fylkeshuset Saknr.: 8/12-13/12 HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Kontrollutvalet Dato: 16. februar 2012 Kl.: 10.00 16.00 Stad: Møterom 425 Sunnhordland i Fylkeshuset Saknr.: 8/12-13/12 MØTELEIAR Vebenstad, Torill (A) DESSE MØTTE Lauritsen,

Detaljer

Etne kommune SAKSUTGREIING

Etne kommune SAKSUTGREIING Utval Formannskap Etne kommune SAKSUTGREIING HORDALANDTYLKES KOMMUNE Arkivnr, S- To? 3 O NOV. 2006 Møtedato Saksh. 21.11.2006 09j0a?6ff. ELS Saksh.m*. Sakshandsamar: Elisabeth Silde Arkiv: N-700 Arkivsaknr:

Detaljer

NY SKULE I ÅSANE. UTBYGGINGSAVTALE I SAMBAND MED REGULERINGSPLAN.

NY SKULE I ÅSANE. UTBYGGINGSAVTALE I SAMBAND MED REGULERINGSPLAN. HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Eigedomsseksjonen Arkivsak 201002106-7 Arkivnr. 171 Saksh. Haavardtun, Helge Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 31.01.2013 NY SKULE I ÅSANE. UTBYGGINGSAVTALE I SAMBAND

Detaljer

Kjetil Hestad (A) stilte spørsmål om han var inhabil fordi han m.a. har ei rolle som samfunnskontakt for oppdrettsnæringa i Sunnhordland.

Kjetil Hestad (A) stilte spørsmål om han var inhabil fordi han m.a. har ei rolle som samfunnskontakt for oppdrettsnæringa i Sunnhordland. Saksprotokoll i fylkestinget - 03. og 04.10.2017 Kjetil Hestad (A) stilte spørsmål om han var inhabil fordi han m.a. har ei rolle som samfunnskontakt for oppdrettsnæringa i Sunnhordland. Kathrin Innvær

Detaljer

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-21 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 26.09.2012-27.09.2012 16.10.2012-17.10.2012 FINANSRAPPORT 2.

Detaljer

MØTEBOK. Opplærings- og helseutvalet. Dato: 04. oktober 2011 Kl.: Stad: Fylkeshuset, møterom Sunnhordland, 4. etg. Saknr.

MØTEBOK. Opplærings- og helseutvalet. Dato: 04. oktober 2011 Kl.: Stad: Fylkeshuset, møterom Sunnhordland, 4. etg. Saknr. MØTEBOK Opplærings- og helseutvalet Dato: 04. oktober 2011 Kl.: 10.00 11.30 Stad: Fylkeshuset, møterom Sunnhordland, 4. etg. Saknr.: 38/11-42/11 MØTELEIAR Stenseide, Roald (FRP) DESSE MØTTE Robberstad,

Detaljer

Fakta Bergen 7.10.2014

Fakta Bergen 7.10.2014 ORGANISASJONSAVDELINGA KOMMUNIKASJONSSEKSJONEN Fakta Bergen 7.10.2014 Fylkesbudsjettet 2015 Driftsbudsjett på 7,1 mrd. kr Hordaland fylkeskommune sitt driftsbudsjett vert på 7 114 mill. kr i 2015. Driftsinntektene

Detaljer

Budsjett 2014. Økonomiplan 2014-2017. Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013

Budsjett 2014. Økonomiplan 2014-2017. Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013 Budsjett 2014 Økonomiplan 2014-2017 Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013 Innleiing Fylkesrådmannen la fram Budsjettgrunnlaget for 2014 og økonomiplan for perioden 2014 2017 den 10. oktober 2013.

Detaljer