Praksiseksempel - Leseopplæring i samfunnsfag for elever med nynorsk som sidemål

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Praksiseksempel - Leseopplæring i samfunnsfag for elever med nynorsk som sidemål"

Transkript

1 Praksiseksempel - Leseopplæring i samfunnsfag for elever med nynorsk som sidemål ARTIKKEL SIST ENDRET: Elevar som skal lære nynorsk som sidemål, møter sjeldan nynorsk anna enn i norsktimane på skulen. Norskopplæringa har som mål å gjere elevane i stand til å «lese og skrive tekster i ulike sjangere, både skjønnlitterære og sakspregede på bokmål og nynorsk» (LK06, Kompetansemål i norsk, etter 10. årstrinn). Dersom elevane skal kunne tileigne seg og ta i bruk nynorsk som sidemål i samsvar med måla i læreplanen, er det ein fordel om dei får lese og skrive nynorsk i fleire fag. Ei rekkje skular har gjort seg svært gode erfaringar med å ta i bruk lærebøker på nynorsk i andre fag enn norsk både på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule. Når læreboka er på nynorsk i eit anna fag enn norsk, får elevane høve til å bruke språket i prosessen med å lære eit fag. Nynorsk blir ikkje berre eit språksystem og ei målform som dei knyter til eit avgrensa bruksområde, men blir løfta fram som eit språk i bruk, til liks med bokmål. I tillegg til nynorsk i læreboka får elevane møte nynorsk i skriftleg materiell og som tavlespråk. God leseundervisning inneber arbeid med å forstå nye ord og omgrep, og at ein isceneset situasjonar der elevane sjølve må ta desse i bruk. Det er ein klår samanheng mellom kva ordtilfang elevane har og leseforståinga deira (Baumann, 2009; Nagy & Townsend, 2012). Kan gje djupare forståing av det faglege innhaldet Å bruke lærebok på nynorsk i samfunnsfag eller andre «omgrepstunge fag» skaper fleire situasjonar der omgrep vert forklarte og diskuterte, og der omgrep på bokmål og nynorsk vert kontrasterte. Ein slik Side 1 av 5

2 læringssituasjon har potensial som gjer at elevane får ei djupare forståing av det faglege innhaldet og kan altså vere eit godt vilkår for ei leseopplæring som legg vekt på fagleg forståing gjennom arbeid med sentrale ord og omgrep. Lærarar som har prøvd ut lærebok på nynorsk i andre fag enn norsk, rapporterer om at det skaper eit klasserom der det er lettare å spørje om ting ein ikkje forstår, det er meir «lov» å ikkje forstå ord av di dei er på nynorsk enn av di ein ikkje kan det faglege. At elevane får høve til å prøve og feile er med på å gjere sidemålsopplæringa i nynorsk ufarleg. Lærarane har lagt vekt på at elevane skal få velje om dei vil skrive tekstar på nynorsk i faget, men har oppmoda dei om å prøve seg fram når dei er motiverte for det (Nynorsksenteret, 2013, del II s. 23, del III s ) Ved fleire ungdoms- og vidaregåande skular der dei fleste elevane har bokmål som hovudmål, har ein teke i bruk lærebok på nynorsk i eit anna fag enn norsk. Det inneber at lærebøkene klassen brukar gjennom heile året i det aktuelle faget, er på nynorsk. Det som trengst er altså eit klassesett på nynorsk av læreverket som klassen brukar. Ofte er nynorsk lærebok supplert med at læraren brukar nynorsk som tavlespråk og i skriftleg kommunikasjon med elevane i faget. Nynorsk som bruksspråk Målet har vore å fornye sidemålsopplæringa i nynorsk. Lærarane har erfart at når læreboka er på nynorsk i eit anna fag enn norsk, kan elevane tileigne seg kunnskapar i faget samstundes som dei blir fortrulege med å lese og skrive nynorsk. Nynorsk vert eit bruksspråk på ein annan måte enn om ein berre møter det i norskfaget i ein avgrensa periode. Å lære ord og fagomgrep på to målformer gir ei utvida forståing i faget fordi elevane får eit stort ordtilfang om eit fenomen. I kva grad elevane som er med i forsøket skriv på nynorsk i faget, varierer. Ulike lærarar har valt ulike tilnærmingar. Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund har hatt nynorsk lærebok i samfunnsfag på alle tre stega. Her har dei lagt opp til ein progresjon der elevane i åttande kan skriva nynorsk i samfunnsfag, i niande bør dei gjera det og i tiande må dei. Dette kan ein gjere på ulike måtar. Elevar som har prøvd lærebok på nynorsk seier: «Ein lærer mange ord og spesialuttrykk. Det er bra å kunna fleire variantar». «I starten var det vanskeleg å lese, særleg fagord. Nå fell det meir naturleg». «Ein bør innføre dette i fleire fag!» Nynorsk lærebok i samfunnsfag Til slutt viser vi eksempel på korleis ein lærar/klasse har arbeidd med å utvide forståinga av fagomgrep knytt til styresmakter og politiske institusjonar i samfunnsfag. Kompetansemål etter 10.årstrinn seier at eleven skal kunne bruke samfunnsfaglege omgrep i fagsamtalar og presentasjonar med ulike digitale verktøy og byggje vidare på bidrag frå andre og gjere greie for politiske institusjonar i Noreg og deira rollefordeling og samanlikne dei med institusjonar i andre land. Side 2 av 5

3 I læreboka i samfunnsfag vil elevane møte mange fagomgrep som tek for seg institusjonelle tilhøve i samfunnet. Mange av desse omgrepa er framandord eller importord, som ofte er felles for bokmål og nynorsk. Andre fagomgrep er omsette frå internasjonalt vitskapleg språk, og kan då stå fram som variantar eller ulike omgrep på dei to målformene. Det vil seie at omgrepa på nynorsk og bokmål gjerne legg vekt på litt ulike sider ved fenomenet og gir oss dermed til saman ei større forståing enn om vi hadde berre eitt omgrep for det same fenomenet. Å utforske språket vil difor også gi ein fagleg gevinst. Vi viser fire måtar dette kan gjerast på. 1. Kontrastivt arbeid med omgrep Elevane arbeider saman i par. Læraren har plukka ut sentrale fagomgrep som finst i ulike variantar på bokmål og nynorsk, og elevane bruket eit trekolonneskjema. Elevane prøver å finne tilsvarande omgrep på bokmål og må gjerne bruke ordbok for å finne forklaring og etymologisk opphav av ordet. Til slutt skriv dei to elevane i fellesskap ei forklaring av korleis dei forstår summen av omgrepa og kva som er skilnaden på dei to omgrepa. I neste runde kan dette vere grunnlag for læresamtalar i gruppe eller i heil klasse/sirkel. Trekolonneskjema OMGREP PÅ NYNORSK Styresmakter (nn) OMGREP PÅ BOKMÅL Myndigheter (bm) SUMMEN AV OMGREPAFORKLAR MED EIGNE ORD Ordet myndighet kjem av ordet mynde som tyder makt. Dei to omgrepa får meg til å forstå at det handlar om nokon som styrer og har makt i samfunnet. Her kan du sjå ein praksisfilm om nynorsk lærebok 2. Felles fagomgrep på nynorsk og bokmål Ein annan måte å utforske språket på kan vere å samanlikne fagomgrep og finne likskapar mellom nynorsk og bokmål. Viss elevane får i oppgåve å lage ei liste over felles fagomgrep, vil dei sjå at denne lista blir svært lang. Ein slik aktivitet bør knytast til refleksjon om fagspråk og språk generelt. Eksempel på refleksjonsspørsmål: Kva er eit fagomgrep? Kva ord i språket er ikkje fagomgrep? Kan vi snakke om felles fagomgrep på nynorsk og bokmål dersom formverket er ulikt? T.d. menneskerettar kontra menneskerettigheter 3. Eg trur eg forstår Det er viktig at elevane blir utfordra til å strekke seg og ta sjansen på at dei forstår omgrep som dei møter i Side 3 av 5

4 ein fagtekst. Ofte kan dei tenkje seg til tydinga av omgrepet frå samanhengen det står i, eller omgrepet kan gi dei assosiasjonar som set dei på sporet av rett tyding. At det blir lov til å gjette og resonnere seg fram til forståing er ein situasjon der eleven får høve til å utforske i staden for å reprodusere (Kulbrandstad, 2013) Elevane kan bruke eit trekolonneskjema under lesinga for å setje inn omgrep som dei forstår, ikkje forstår, eller trur dei forstår. EG TRUR EG FORSTÅR EG FORSTÅR EG FORSTÅR IKKJE (produsent) (tilbod) (marknad) 4. Eg forstår ikkje I neste runde kan elevane ta for seg omgrep som dei ikkje har forstått og finne definisjonar i oppslagsverk. Desse definisjonane er utganspunkt for ein aktivitet der elevane skal setje eigne ord på kva dei legg i det ukjende omgrepet. Først når dei kan omformulere seg og setje omgrepet inn i ein ny samanheng, kan vi seie at dei har forstått omgrepet (Hertzberg, 2006). Bruk gjerne tre-kolonneskjema eller eit definisjonskart. EIT NYTT ORD SOM TYDER OG KAN BRUKAST I EI SETNING Marknad Film om bruk av lærebok på nynorsk i eit anna fag enn norsk Litteraturliste Baumann, J. (2009). Vocabulary and reading comprehension: The nexus of meaning. I S.E. Israel & G. G Duffy (eds.). Handbook of research on reading comprehension. (pp ). New York: Routledge, Dysthe, O. og Hertzberg, F. (2006). «Skriv alt du vet om Bruk av mikrooppgaver i undervisningen». I Strømsø, Lycke og Lauvås (red.): Når læring er det viktigste Undervisning i høyere utdanning. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag. Hertzberg, F. (2006). Du vet ikke hva du har skjønt før du kan sette ord på det Kulbrandstad, L. I. (2003). Lesing i utvikling: teoretiske og didaktiske perspektiver. Bergen: Fagbokforlaget/LNU. Kunnskapsdepartementet (2006/2013). Læreplanverket for Kunnskapsløftet Side 4 av 5

5 Nagy, W., & Townsend, D. (2012). Words as Tools: Learning Academic Vocabulary as Language Acquisition. Reading Research Quarterly, 47 (1), Nynorsksenteret (2013). Mange vegar til målet. Sluttrapport Tiltaksplan Volda: Nynorsksenteret. orsk-sidemal/ Side 5 av 5

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning Kjære lærar! Takk for den jobben du gjer kvar dag for at elevane dine skal lære noko nytt og utvikle sine ferdigheiter og talent! Ungdomsskolen

Detaljer

Vurderingsrettleiing 2012

Vurderingsrettleiing 2012 Vurderingsrettleiing 2012 ENG0012 Engelsk 10.trinn Til sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk ENG0012 Engelsk 10. trinn Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2012 Denne vurderingsrettleiinga

Detaljer

Årsplan for Norsk 9 2016-2017

Årsplan for Norsk 9 2016-2017 Årsplan for Norsk 9 2016-2017 Med utgangspunkt i revidert læreplan av hausten 2013: http://www.udir.no/kl06/nor1-05 Ramme: 5 veketimar Læreverk: Frå Saga til CD 9a og 9b Norskfaget inneheld ein stor variasjon

Detaljer

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule Peder Haug, Institutt for pedagogikk, Høgskulen i Volda Innlegg ved: Innlandets utdanningskonferanse,

Detaljer

Matematikk 1, 4MX1 1-7E1

Matematikk 1, 4MX1 1-7E1 Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX1 1-7E1 ORDINÆR EKSAMEN 24.05.2011. Sensur faller innen 16.06.2011. BOKMÅL. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag etter sensurfrist, dvs. 17.06.2011

Detaljer

Foreldreundersøking i skule 2006

Foreldreundersøking i skule 2006 Foreldreundersøking i skule 2006 Våren 2006 gjennomførte me ei brukarundersøking for foreldra i skulane i Kvam. Dette var ei digital undersøking som Utdanningsdirektoratet står bak. Foreldra fekk internettadressa

Detaljer

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen... PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen... 7 Gjensidige pronomen... 7 1 PRONOMEN er ord som står i staden for substantiv.

Detaljer

Neon Studiebok, kapittel 1. - skriva dikt, individuelt tekster i ulike. og saman med andre. sjangere, både. - presentera dikt skjønnlitterære og

Neon Studiebok, kapittel 1. - skriva dikt, individuelt tekster i ulike. og saman med andre. sjangere, både. - presentera dikt skjønnlitterære og ÅRSPLAN i Norsk Skuleåret: 2010/2011 Klasse: 8 Faglærar: Alexander Fosse Andersen Læreverk/forlag: Neon 8 Studiebok og Tekstsamling/ Samlaget Kompetansemål LK06 Læringsmål for perioden Periode Innhald

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret 2015-2016. Vasshus skule a

Utviklingsplan skuleåret 2015-2016. Vasshus skule a Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Vasshus skule a Innhald Innleiing s. 3 Oppsummering av læringsmiljø og læringsresultat s. 4 Prioriterte utviklingsområder for skulen s. 5 Mål, milepælar, kompetanse og

Detaljer

ORDINÆR/UTSATT EKSAMEN 14.12.07. Sensur faller innen 11.01.08.

ORDINÆR/UTSATT EKSAMEN 14.12.07. Sensur faller innen 11.01.08. Høgskolen i Sør-Trøndelag Avdeling for lærer- og tolkeutdanning Individuell skriftlig eksamen i MATEMATIKK, MX30 ORDINÆR/UTSATT EKSAMEN 4..07. Sensur faller innen.0.08. BOKMÅL Resultatet blir tilgjengelig

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK INNHALD 1. Å vere barn som pårørande 2. Kven kan hjelpe? Alle under 18 år som har forelder eller andre pårørande med alvorleg sjukdom kan få tilbod om hjelp.

Detaljer

Psykologisk Førstehjelp - barneskulen. Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar

Psykologisk Førstehjelp - barneskulen. Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar Psykologisk Førstehjelp - barneskulen Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar 0 Psykologisk Førstehjelp Kan eg gjera noko sjølv for å bli meir trygg, modig og glad? Du kan læra deg

Detaljer

Reviderte læreplaner skoleåret 2013/2014

Reviderte læreplaner skoleåret 2013/2014 Reviderte læreplaner skoleåret 2013/2014 Statlig nivå Læreplaner, forskrift Lokalt nivå Lokale læreplaner Veiledninger i fag http://www.udir.no/lareplaner/ Hvilke læreplaner er revidert? Engelsk Matematikk

Detaljer

Prøveutviklere omfatter både de som utvikler og administrerer prøver, og de som tar politiske beslutninger for bestemte prøver.

Prøveutviklere omfatter både de som utvikler og administrerer prøver, og de som tar politiske beslutninger for bestemte prøver. Norsk bokmål og nynorsk ALTEs Praksiskodeks Innledning I 1994 bestemte ALTE-medlemmene at det var nødvendig å innføre en formell Praksiskodeks som både ville definere kvalitetskrav som nåværende og framtidige

Detaljer

Rettleiing del 1 til nasjonal prøve i lesing 2009

Rettleiing del 1 til nasjonal prøve i lesing 2009 Versjon 21. juli 2009 Nynorsk Rettleiing del 1 til nasjonal prøve i lesing 2009 Informasjon om prøva og gjennomføringa 5. steget 1 Informasjon om nasjonal prøve i lesing på 5. steget Torsdag 17. september

Detaljer

Årsplan. for 4. årstrinn nynorsk

Årsplan. for 4. årstrinn nynorsk Årsplan for 4. årstrinn nynorsk Kapittel 1: Firkløver Å hente fram kunnskap frå førre skuleår og lære å setje mål for ny læring Lesebok 4A side 5 28 til et: forteljingar, sakprosa, dikt og samansett tekst

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK INNHALD 1. Å vere barn som pårørande 2. Kven kan hjelpe? Alle under 18 år som har forelder eller andre pårørande med alvorleg sjukdom eller skade kan få tilbod

Detaljer

Eksamen 24.11.2015. http://eksamensarkiv.net/ Bokmål side 2 5. Nynorsk side 6 9

Eksamen 24.11.2015. http://eksamensarkiv.net/ Bokmål side 2 5. Nynorsk side 6 9 Eksamen 24.11.2015 NOR1049 Norsk som andrespråk for språklige minoriteter NOR1049 Norsk som andrespråk for språklege minoritetar Overgangsordning Vg3, elever og privatister/elevar og privatistar Bokmål

Detaljer

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 02.11.2011 110/2012/000/&00 Sverre Hollen, 71 25 80 57 02.01.2012

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 02.11.2011 110/2012/000/&00 Sverre Hollen, 71 25 80 57 02.01.2012 Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 Oslo Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 02.11.2011 110/2012/000/&00 Sverre Hollen, 71 25 80 57 02.01.2012 Høyring - Forslag til

Detaljer

Mal for vurderingsbidrag

Mal for vurderingsbidrag Mal for vurderingsbidrag Fag: Samfunnsfag (historie) Tema: 2. verdenskrig Trinn: 9. trinn Tidsramme: ca. 3 uker ----------------------------------------------------------------------------- Undervisningsplanlegging

Detaljer

Opplæringsloven 5-4. Unni Dagfinrud Seniorrådgiver 04.05.2016

Opplæringsloven 5-4. Unni Dagfinrud Seniorrådgiver 04.05.2016 Opplæringsloven 5-4 Unni Dagfinrud Seniorrådgiver 04.05.2016 Opplæringsloven 1-3 Tilpasset opplæring og tidlig innsats Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen

Detaljer

Læreplan i visuell kultur og samfunn - valfritt programfag i studiespesialiserande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag

Læreplan i visuell kultur og samfunn - valfritt programfag i studiespesialiserande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag Læreplan i visuell kultur og samfunn - valfritt programfag i studiespesialiserande utdanningsprogram, programområde for Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 24. mars 2006 etter delegasjon i

Detaljer

Vurdering som en del av lærerens undervisningspraksis

Vurdering som en del av lærerens undervisningspraksis Arbeidet i lærergruppene: Vurdering som en del av lærerens undervisningspraksis Til modul 3 er det i tillegg til heftet Vurdering for læring utarbeidet en egen modultekst som går mer spesifikt inn på hvordan

Detaljer

2. Sjå tiltak under punkt 2.1. 3. Ikkje aktuel

2. Sjå tiltak under punkt 2.1. 3. Ikkje aktuel Barnehage og skule tek i bruk den sosiale læreplanen og utviklar felles rutinar for handtering av mobbesaker. Barnehage og skule har trygge og tydelege vaksne og set fokus på vaksenrolla. Barnehage og

Detaljer

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar: I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar: 1-12 skal lyde: 1-12 Fritak frå opplæring i kroppsøving Rektor kan etter søknad gi elevar i vidaregåande opplæring

Detaljer

Svar på én av disse to oppgavene (enten oppgave 1 eller oppgave 2): Oppgave 1: Tidlig innsats og evaluering i spesialpedagogisk arbeid

Svar på én av disse to oppgavene (enten oppgave 1 eller oppgave 2): Oppgave 1: Tidlig innsats og evaluering i spesialpedagogisk arbeid Det utdanningsvitenskapelige fakultet Bokmål Våren 2013 Oppgaven gis: mandag 27. mai 2013 kl. 09.00. Frist for innlevering: fredag 31. mai 2013 kl. 14.00. Se Retningslinjer for hjemmeeksamen SPED2020 våren

Detaljer

gjere greie for sentrale trekk ved tidsepoken mellomalder i Europa og diskutere grunnar til denne tidsinndelinga

gjere greie for sentrale trekk ved tidsepoken mellomalder i Europa og diskutere grunnar til denne tidsinndelinga ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG 6. TRINN HAUGE OG HÅLAND SKOLER pr 19/3-14 Periode Emne Kompetansemål Læringsmål Uke 34-45 Midgard 6: Vikingtida s 94 119 Midgard 6: Middelalderen i Norge s 120 141 Uke 46-48 Europa

Detaljer

Frå dikt til teikneserie

Frå dikt til teikneserie Frå dikt til teikneserie Av Helga Slettebak, Marit Moen og Arne Skadal, Halbrend skule Prosjektet «Frå dikt til teikneserie» vart gjennomført på 6. trinn. Kombinasjonen av dei to sjangrane synest vi er

Detaljer

Vurdering på barnetrinnet. Nå gjelder det

Vurdering på barnetrinnet. Nå gjelder det Vurdering på barnetrinnet Nå gjelder det 2 Nå gjelder det 1. august 2009 ble forskrift til opplæringsloven kapittel 3 Individuell vurdering i grunnskolen og i videregående opplæring endret. Denne brosjyren

Detaljer

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg? Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg? Litt om denne økta Intro og litt om tankane bak dette møtet Kva er stoda i dei ulike kommunane Moglege kommunemodellar i vårt

Detaljer

Eksamen 27.05.2010. REA3026 Matematikk S1. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 27.05.2010. REA3026 Matematikk S1. Nynorsk/Bokmål Eksamen 7.05.010 REA306 Matematikk S1 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på del 1: Hjelpemiddel på del : Vedlegg: Framgangsmåte: Rettleiing om vurderinga: 5 timar: Del

Detaljer

TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole

TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole TILSYNSRAPPORT Skulebasert vurdering Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole...

Detaljer

Tyngdekraft og luftmotstand

Tyngdekraft og luftmotstand Tyngdekraft og luftmotstand Dette undervisningsopplegget synliggjør bruken av regning som grunnleggende ferdighet i naturfag. Her blir regning brukt for å studere masse, tyngdekraft og luftmotstand. Opplegget

Detaljer

Lokal læreplan for Samfunnsfag, 7trinn, Vartdal skule, 2015-2016

Lokal læreplan for Samfunnsfag, 7trinn, Vartdal skule, 2015-2016 36 *kunne bruke omgrepet periode og 37 vise samanhengar mellom fortida og notida ved å plassere ei rekkje 38 historiske hendingar på ei tidslinje. *Presentere historiske hendingar gjennom å lage to forteljingar

Detaljer

Dette er testversjonen av våre nye nettsider. Gi oss gjerne tilbakemeldinger! Bruk ellers udir.no. Skriv ut

Dette er testversjonen av våre nye nettsider. Gi oss gjerne tilbakemeldinger! Bruk ellers udir.no. Skriv ut Dette er testversjonen av våre nye nettsider. Gi oss gjerne tilbakemeldinger! Bruk ellers udir.no. Lesing i samfunnsfag ARTIKKEL SIST ENDRET: 10.09.2015 Innholdsfortegnelse Last ned Skriv ut Innhold Lesing

Detaljer

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland 23.06.2014. Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland 23.06.2014. Høyring om ny rammeplan for kulturskulen Meland kommune Norsk kulturskuleråd Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland 23.06.2014 Vår: 14/1583-14/9954 randi.hilland@meland.kommune.no Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Detaljer

Informasjon til elevar og føresette: Kva er nytt i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa frå hausten 2006?

Informasjon til elevar og føresette: Kva er nytt i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa frå hausten 2006? Informasjon til elevar og føresette: Kva er nytt i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa frå hausten 2006? KJÆRE FORELDRE KVA ER KUNNSKAPSLØFTET? Du er den første og viktigaste læraren til barnet

Detaljer

Rapport 3. Solgangsvind Fenomener og stoffer

Rapport 3. Solgangsvind Fenomener og stoffer Rapport 3 Solgangsvind Fenomener og stoffer Kurskode: NA154L Dato: 12.04.12 Navn: Camilla Edvardsen og Karoline Svensli Innholdsfortegnelse Innholdsfortegnelse... i 1 Innledning... 2 2 Teori... 2 3 Materiell

Detaljer

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje NORSKFAGET FOR STUDENTAR OG ELEVAR Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal

Detaljer

MATEMATIKK I OPPVEKSTSENTER

MATEMATIKK I OPPVEKSTSENTER MATEMATIKK I OPPVEKSTSENTER Som del av prosjektet Kunnskapsløftet i oppvekstsenteret har eg besøkt fire oppvekstsenter i kommunane Balestrand og Vik. På denne måten har eg fått kunnskap om korleis undervisninga

Detaljer

Svar på én av disse to oppgavene (enten oppgave 1 eller oppgave 2):

Svar på én av disse to oppgavene (enten oppgave 1 eller oppgave 2): Bokmål INSTITUTT FOR SPESIALPEDAGOGIKK Det utdanningsvitenskapelige fakultet Torsdag 2. desember 2010 Ingen hjelpemidler tillatt Svar på én av disse to oppgavene (enten oppgave 1 eller oppgave 2): Oppgave

Detaljer

Læreplan, karakterar og læring Bakgrunnen for karakterforsøket i norsk Tone Vindegg, Utdanningsdirektoratet, 03.11.2014

Læreplan, karakterar og læring Bakgrunnen for karakterforsøket i norsk Tone Vindegg, Utdanningsdirektoratet, 03.11.2014 Læreplan, karakterar og læring Bakgrunnen for karakterforsøket i norsk Tone Vindegg, Utdanningsdirektoratet, 03.11.2014 Læreplan og vurdering Er det ein raud tråd frå dei nasjonale læreplanane til dei

Detaljer

ÅRSPLAN 2015-2016. Arbeidsmåter Evaluering / vurdering for læring

ÅRSPLAN 2015-2016. Arbeidsmåter Evaluering / vurdering for læring Øyslebø oppvekstsenter ÅRSPLAN 2015-2016 Fag: Samfunnsfag Trinn: 6 Lærer: Agathe Askeland Lauvdal Tidsrom Tema Lærestoff / læremidler Midgard 6 Arbeidsmåter Evaluering / vurdering for læring Kompetansemål

Detaljer

Kviteseid kommune. Møteinnkalling

Kviteseid kommune. Møteinnkalling Kviteseid kommune Møteinnkalling Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset i Kviteseid Dato: 12.06.2013 Tidspunkt: 14:00 Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder

Detaljer

1. Nasjonale retningslinjer

1. Nasjonale retningslinjer Emne: Norsk 2 5-10 Kode: 4NO 25-10-A Studiepoeng: 30 Vedtatt: Vedtatt av avdelingsstyret i møte 25. mai 2010 (asak 20/10). Revidert av dekan 17. juni 2012, gjelder fra og med studieåret 2012/2013 1. Nasjonale

Detaljer

Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028

Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 Bø kommune Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 Kommunedelplan for oppvekst 2016 2028, på høyring i perioden 03.03.16 14.04.16 Innhald Innleiing... 3 Frå plan til handling... 3 Visjon for Bø kommune...

Detaljer

I klasserommet KLASSEROMSFORSKNING

I klasserommet KLASSEROMSFORSKNING I klasserommet av peder haug I denne artikkelen går Peder Haug i detalj inn på korleis aktiviteten i skulen varierer med tid og fag. Resultata tyder på at det faglege læringstrykket er moderat. Det kan

Detaljer

INSTITUTT FOR SPESIALPEDAGOGIKK Det utdanningsvitenskapelige fakultetet Universitetet i Oslo

INSTITUTT FOR SPESIALPEDAGOGIKK Det utdanningsvitenskapelige fakultetet Universitetet i Oslo Det utdanningsvitenskapelige fakultetet bokmål Skriftlig individuell eksamen høst 2012 - utsatt eksamen Dato: 4. januar 2013 Ingen hjelpemidler tillatt Eksamensoppgaver bokmål Velg en (1) av to (2) oppgaver.

Detaljer

RAPPORTSKJEMA FOR BRUK AV FOU-MIDLAR FRÅ NYNORSKSENTERET

RAPPORTSKJEMA FOR BRUK AV FOU-MIDLAR FRÅ NYNORSKSENTERET RAPPORTSKJEMA FOR BRUK AV FOU-MIDLAR FRÅ NYNORSKSENTERET Namn på institusjon: Kviteseid skule Rektor/fagleg leiar: Liv Sonja Flolid Telefonnummer: 350 55 300 Postadresse: 3850 Kviteseid E-postadresse:

Detaljer

Årsplan i norsk, skuleåret 2016-2017

Årsplan i norsk, skuleåret 2016-2017 Årsplan i norsk, skuleåret 2016-2017 Klasse: 8a b Lindås ungdomsskule 5955 LINDÅS Tlf. 56375054 Faglærarar: Torild Herstad Rune Guldbrandsøy Hovudkjelder: Frå Saga til CD, læreverk frå Forlaget Fag Kultur

Detaljer

Lesestrategiar for eldre elevar -> sjølvregulert læring

Lesestrategiar for eldre elevar -> sjølvregulert læring Lesestrategiar for eldre elevar -> sjølvregulert læring Margunn Mossige www.lesesenteret.no www.lesesenteret.no Kva Korleis Kva Kva er treng eg skal skal god eg eg å eg kunne gjere? det?? til? Kva treng

Detaljer

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse 2015-2016

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse 2015-2016 Årsplan i samfunnsfag 10.klasse 2015-2016 Veke Kunnskapsløftet Emne: Læremiddel: Lærebok: Kosmos 10 34-36 -gjere greie for korleis ulike politiske parti fremjar ulike verdiar og interesser, knyte dette

Detaljer

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule Jørn Kvinnherad kommune 2012/979-1 Våren 2012 INNLEIING Planen er det første steget mot ei systematisk rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule

Detaljer

Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008

Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008 Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008 V/Eli Moe, UiB, april 2009 I rapporten har vi prøvd å gi opplysningar om dei nasjonale prøvane i engelsk lesing 2008, både for

Detaljer

Skriftlig eksamen. AKT2001 Aktiviseringsfag. Våren 2014. Privatister/Privatistar. VG2 Aktivitør. Utdanningsprogram for Design og håndverk/handverk

Skriftlig eksamen. AKT2001 Aktiviseringsfag. Våren 2014. Privatister/Privatistar. VG2 Aktivitør. Utdanningsprogram for Design og håndverk/handverk Finnmark fylkeskommune Troms fylkeskommune Nordland fylkeskommune Nord-Trøndelag fylkeskommune Sør-Trøndelag fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Skriftlig eksamen AKT2001 Aktiviseringsfag Våren 2014 Privatister/Privatistar

Detaljer

Lærarane har for lite makt over eiga arbeidstid blir pålagde arbeid som ikkje er undervisningsrelatert, har for mange delegerte oppgåver

Lærarane har for lite makt over eiga arbeidstid blir pålagde arbeid som ikkje er undervisningsrelatert, har for mange delegerte oppgåver Innhald Debatthefte tidsbruk...3 Andre yrkesgrupper inn i skulen....5 Heim skule samarbeidet og samarbeid med elevane....6 Vurdering og dokumentasjon...7 Skuleleiing...8 Lenker:...9 Utarbeidd av Utdanningsforbundet

Detaljer

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid».

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid». Hei hå, no er det jul igjen! Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid». Me har no avslutta prosjektet «Familien min» og vil oppsummera litt.

Detaljer

Det teologiske fakultet Universitetet i Oslo

Det teologiske fakultet Universitetet i Oslo Det teologiske fakultet Universitetet i Oslo Bispemøtet Dato: 16.juni 2014 Deres ref.: 14/40-1 INW Vår ref.: 2014/3701 Norheim Kompetanseutviklingsplan for prester 2014 - høring Vedlagt oversendes høringssvar

Detaljer

MATEMATIKK 10 2011-2012

MATEMATIKK 10 2011-2012 MATEMATIKK 10 2011-2012 LÆREMIDDEL: Div faglitteratur ( div kopierte utdrag ), internett, spel av ulike slag og konkretiseringsmiddel MÅL FOR FAGET: I samsvar med Læreplanverket for kunnskapsløftet s.

Detaljer

Trygg og framtidsretta

Trygg og framtidsretta Trygg og framtidsretta INNLEIING Time kommune har som visjon å vera trygg og framtidsretta og som mål å gje innbyggjarane rette tenester til rett tid. Time kommune sin rolle som samfunnsutviklar skal også

Detaljer

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE Fakta om skulen Ny i 2010 Ca 427 elevar 2015-2016 Ca 60 lærarar og 10 assistentar/b.&u.arb Rektor og 3 avdelingsleiarar Miljøterapeut, rådgjevar og sosiallærar Utvida

Detaljer

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 11. september 2008

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 11. september 2008 Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 11. september 2008 Til stades: Ida Berntsen, Jan Olav Fretland, Tor Fuglevik, Ottar Grepstad, Jan Hoel, Silje Solheim Karlsen, Magni Øvrebotten Frå sekretariatet:

Detaljer

Førebuing/ Forberedelse 01.12.2008

Førebuing/ Forberedelse 01.12.2008 Førebuing/ Forberedelse 01.12.2008 SAM3016 Sosialkunnskap Elevar og privatistar/elever og privatister Nynorsk/Bokmål Nynorsk Informasjon til førebuingsdelen Førebuingstid: Hjelpemiddel: Vedlegg: Bruk av

Detaljer

Spesielle forhold knytte til spørsmål i skjema RA 0604 Partifinansiering 2014 («Ofte stilte spørsmål»)

Spesielle forhold knytte til spørsmål i skjema RA 0604 Partifinansiering 2014 («Ofte stilte spørsmål») Spesielle forhold knytte til spørsmål i skjema RA 0604 Partifinansiering 2014 («Ofte stilte spørsmål») Innhald Punkta A, B og C i Altinn (A og B på papir)... 1 Om spm 1, 2, 3 og 4 Kva blir rekna med som

Detaljer

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor Eit undervisningsopplegg om BARNERETTANE MÅL frå læreplanen DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til

Detaljer

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune KVINNHERAD KOMMUNE LEIK OG LÆRING HAND I HAND 2011/1908 KVALITET I KOMMUNALE BARNEHAGAR Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune Barnehagane i Kvinnherad kommune: Standard for kommunale

Detaljer

Vurdering For Læring. - praksis i klasserommet. Kristine Waters

Vurdering For Læring. - praksis i klasserommet. Kristine Waters Vurdering For Læring - praksis i klasserommet Kristine Waters Mål for presentasjonen Forklare hvordan jeg tenker og jobber med VfL i klasserommet Vise eksempler som har fungert og eksempler som ikke har

Detaljer

Teknologi og fargar RGB

Teknologi og fargar RGB 1 Teknologi og fargar RGB RGB står for fargane raud, grøn og blå. Det er desse fargane som kan visast på ein fargeskjerm. I dette heftet skal du læra meir om korleis matematikk er eit verktøy i bruk av

Detaljer

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune Vedteken av arbeidsmiljøutvalet 03.11.2014 Innhald 1 INNLEIING OG MÅLSETTINGAR... 3 1.1 Innleiing... 3 1.2 Heimel for rutinen... 3 1.3 Målsettingar...

Detaljer

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan Månadsbrev september 2014 VESLEFRIKK Tida fyk fort og allereie er det godt ut i september. Denne fyrste tida har det vore mykje leik både ute og inne. Det har vore lagt opp til at barna skal få skapa gode

Detaljer

Bakgrunn for Kunnskapsløftet

Bakgrunn for Kunnskapsløftet Kunnskapsløftet Bakgrunn for Kunnskapsløftet Internasjonale undersøkelser viste at norske elever hadde dårlige faglige resultater i forhold til de ressursene vi bruker på utdanning i Norge Store forskjeller

Detaljer

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/00232-2 Ane Gjerde 1. mai 2014

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/00232-2 Ane Gjerde 1. mai 2014 BARNEOMBUDET Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet Postboks 8036 Dep 0030 OSLO Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/00232-2 Ane Gjerde 1. mai 2014 Høyring - forskrift om barn sin rett

Detaljer

Morsmålsaktiviserende læring og muligheter. Espen Egeberg Seniorrådgiver Statped sørøst

Morsmålsaktiviserende læring og muligheter. Espen Egeberg Seniorrådgiver Statped sørøst Morsmålsaktiviserende læring og muligheter Espen Egeberg Seniorrådgiver Statped sørøst Språk. Et samvirke mellom flere system Et mentalt begrepssystem, enkle systematiseringer og kategoriseringer av verden

Detaljer

Utdanningsprogrammet skal gje folkevalde og administrativt tilsette auka kunnskap og ferdigheiter i dialogbasert styring av skulen.

Utdanningsprogrammet skal gje folkevalde og administrativt tilsette auka kunnskap og ferdigheiter i dialogbasert styring av skulen. Utdanningsprogrammet skal gje folkevalde og administrativt tilsette auka kunnskap og ferdigheiter i dialogbasert styring av skulen. Ønska effektmål: Ei endring av praksis i klasseromma i skulane i fylket

Detaljer

Internasjonalisering: Generell del av læreplanverket

Internasjonalisering: Generell del av læreplanverket Internasjonalisering: Generell del av læreplanverket Internasjonaliseringskonferansen 2015, 12. november 2015 Kristin Lofthus Hope Uni Research Internasjonalisering i Generell del Oppdrag fra KD vår 2015.

Detaljer

Mappeoppgåve. Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011.

Mappeoppgåve. Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011. Mappeoppgåve 5 Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011. Innleiing I denne oppgåva skal me gjere greie for kva ein samansett tekst er. Kva er det den må bestå

Detaljer

Eksamen 02.12.2009. REA3026 Matematikk S1

Eksamen 02.12.2009. REA3026 Matematikk S1 Eksamen 02.12.2009 REA3026 Matematikk S1 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del 2: Bruk av kjelder: Vedlegg: Framgangsmåte: Rettleiing om vurderinga:

Detaljer

NASJONALE PRØVER 2015. En presentasjon av resultatene til 5.trinn ved Jåtten skole, skoleåret 2015-16

NASJONALE PRØVER 2015. En presentasjon av resultatene til 5.trinn ved Jåtten skole, skoleåret 2015-16 NASJONALE PRØVER 2015 En presentasjon av resultatene til 5.trinn ved Jåtten skole, skoleåret 2015-16 Gjennomføring av nasjonale prøver 2015 Nasjonale prøver for 5.trinn ble gjennomført i oktober 2015.

Detaljer

Den grunnleggende ferdigheten å kunne regne. Introduksjon

Den grunnleggende ferdigheten å kunne regne. Introduksjon Den grunnleggende ferdigheten å kunne regne Introduksjon Hvorfor regning som grunnleggende ferdighet? For å utvikle elevenes kompetanse slik at de kan: - ta stilling til samfunnsspørsmål på en reflektert

Detaljer

Vedrørende høring NOU 2010:7 Mangfold og mestring

Vedrørende høring NOU 2010:7 Mangfold og mestring Vår saksbehandler: Mare Erdis Direkte tlf: 23 30 27 50 E-post: mare.erdis@utdanningsdirektoratet.no Vår dato: 16.11.2010 Deres dato: Vår referanse: 2010/2871 Deres referanse: Kunnskapsdepartementet Postboks

Detaljer

Eksamen 03.12.2009. REA3024 Matematikk R2

Eksamen 03.12.2009. REA3024 Matematikk R2 Eksamen 03.1.009 REA304 Matematikk R Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del : Bruk av kjelder: Vedlegg: Framgangsmåte: Rettleiing om vurderinga:

Detaljer

Eksamen 30.05.2013. SAM3029 Entreprenørskap og bedriftsutvikling 2. http://eksamensarkiv.net/ Nynorsk/Bokmål

Eksamen 30.05.2013. SAM3029 Entreprenørskap og bedriftsutvikling 2. http://eksamensarkiv.net/ Nynorsk/Bokmål Eksamen 30.05.2013 SAM3029 Entreprenørskap og bedriftsutvikling 2 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid Hjelpemiddel Bruk av kjelder Vedlegg Informasjon om oppgåva Informasjon om vurderinga

Detaljer

Modul 1: Hva er ledelse av klasser og elevgrupper?

Modul 1: Hva er ledelse av klasser og elevgrupper? Modul 1: Hva er ledelse av klasser og elevgrupper? En av de mest avgjørende ferdighetene til en lærer er evne til å lede elevgrupper og undervisningsforløp. Klasse- og gruppeledelse kan defineres og forstås

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Kløvheim skule, ein trafikksikker skule

Kløvheim skule, ein trafikksikker skule Kløvheim skule, ein trafikksikker skule 1 Trafikksikringsplan, Kløvheim skule 2016 Kløvheim skule er ein fådelt 1 7 skule i Lindås kommune, plassert på Kløve, med elevar heilt frå Bjørnevoll, via Dalsgrend,

Detaljer

Velkommen til Riska ungdomsskole

Velkommen til Riska ungdomsskole Velkommen til Riska ungdomsskole Elin Arntsen (rådgiver) Liv-Kirsti Mong (undervisningsinspektør) Språklærere Informasjon om Riska ungdomsskole. Informasjon om målformer på ungdomstrinnet. Informasjon

Detaljer

Strategiplan for kompetanseutvikling i grunnskulen i Norddal kommune 2005 2008. Handlingsplan 2008

Strategiplan for kompetanseutvikling i grunnskulen i Norddal kommune 2005 2008. Handlingsplan 2008 Strategiplan for kompetanseutvikling i grunnskulen i Norddal kommune 2005 2008 Handlingsplan 2008 Bakgrunn Nasjonale og internasjonale kvalitetsundersøkingar har vist at det er mykje bra i norsk skule,

Detaljer

delta i utforskende samtaler om litteratur, teater og film

delta i utforskende samtaler om litteratur, teater og film Tema: novella Den korte sommaren av Ray Bradbury, nynorsk, med oppgaver. Opplegget vil ta cirka fire skoletimer. (Lesesenteret kan ikke publisere novella, så den må lærer få tak i selv). Kompetansemål

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK FOR 6. TRINN BREIVIKBOTN SKOLE 2013 2014 LÆRER: LINN OLAV ARNTZEN OG TURID NILSEN

ÅRSPLAN I NORSK FOR 6. TRINN BREIVIKBOTN SKOLE 2013 2014 LÆRER: LINN OLAV ARNTZEN OG TURID NILSEN ÅRSPLAN I NORSK FOR 6. TRINN BREIVIKBOTN SKOLE 2013 2014 LÆRER: LINN OLAV ARNTZEN OG TURID NILSEN LÆRERVERK: ZEPPELIN 6 FORFATTERE: DAGNY HOLM OG BJØRG GILLEBERG LØKKEN FORLAG: ASCHEHOUG MÅLENE VEKTLEGGER

Detaljer

Digitale læremidler - utforsking og vurdering. November 2011 Tonje H. Giæver og Louise Mifsud

Digitale læremidler - utforsking og vurdering. November 2011 Tonje H. Giæver og Louise Mifsud Digitale læremidler - utforsking og vurdering November 2011 Tonje H. Giæver og Louise Mifsud Oppgaven Undersøk ulike digitale læringsressurser Velg ut en digital læringsressurs, helst knyttet til fag 2.

Detaljer

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur Dette opplegget, som handlar om å kunne jobbe med nynorsk i eit komparativt perspektiv og finne reglar for korleis nynorsk er bygd opp, er blitt til i samarbeid

Detaljer

Forord, logg, informasjon og oppgaver

Forord, logg, informasjon og oppgaver Forord, logg, informasjon og oppgaver Last ned/åpne i word format - klikk her: Forord, logg og oppgaver Forord, logg og undervisningsopplegg til powerpoint om solsystemet. Informasjon til lærere: Dette

Detaljer

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Fogn oppvekstsenter levande og lærande Post: Liane, 4164 Fogn Faktura: Finnøy Kommune, Rådhuset, 4160 Finnøy Referat frå møte i SU (Samarbeidsutvalet) ved Møtedato og stad: Tysdag 22. september kl. 18.00 på personalrommet. Desse møtte: Morten

Detaljer

HANDLINGSPLAN 2011-2014 Side 1

HANDLINGSPLAN 2011-2014 Side 1 HANDLINGSPLAN 2011-2014 Side 1 Kommunale mål for skule og barnehagesektoren Barnehage Fokusområder Satsingsområde Mål Frist for gjennomføring Når og korleis skal resultatet vurderast HANDLINGSPLAN 2011-2014

Detaljer

Reviderte læreplaner konsekvenser for undervisningen?

Reviderte læreplaner konsekvenser for undervisningen? Reviderte læreplaner konsekvenser for undervisningen? Multiaden 2013 Innhold Kompetanse i matematikk Den reviderte læreplanen Hva skal elevene lære? Grunnleggende ferdigheter i matematikk Konsekvenser

Detaljer

Barnet som forskar. Undring og filosofering - Utforsking ved hjelp av språk og tanke. Undring og filosofering. Sokrates (ca. 470 399 f.kr.

Barnet som forskar. Undring og filosofering - Utforsking ved hjelp av språk og tanke. Undring og filosofering. Sokrates (ca. 470 399 f.kr. Undring og filosofering - Utforsking ved hjelp av språk og tanke Barnet som forskar Kvalitet i barnehagen gjennom pedagogisk ledelse Andre temasamling Skodje, 9. november 2010 Barnet som forskar To nøkkelfaktorar:

Detaljer

Eksamenstype: Tverrfagleg eksamen / Tverrfaglig eksamen

Eksamenstype: Tverrfagleg eksamen / Tverrfaglig eksamen Eksamen Fag: BY8119 Tømrarfaget/Tømrerfaget Eksamensdato: 10. juni 2005 Eksamenstype: Tverrfagleg eksamen / Tverrfaglig eksamen Studieretning: Byggfag Oppgåva ligg føre på begge målformer, først nynorsk,

Detaljer

TID TEMA KOMPETANSEMÅL ARBEIDSMETODER VURDERINGSFORMER RESSURSER (materiell, ekskursjoner, lenker etc) IGP. TV2skole 34-40. Lese og gjenfortelle

TID TEMA KOMPETANSEMÅL ARBEIDSMETODER VURDERINGSFORMER RESSURSER (materiell, ekskursjoner, lenker etc) IGP. TV2skole 34-40. Lese og gjenfortelle RENDALEN KOMMUNE Fagertun skole Årsplan i samfunnsfag for 9. trinn 2015-16 TID TEMA KOMPETANSEMÅL ARBEIDSMETODER VURDERINGSFORMER RESSURSER (materiell, ekskursjoner, lenker etc) IGP TV2skole 34-40 Demokrati

Detaljer

SAMFUNNSFAG Årsplan 10.klasse 2009-2010

SAMFUNNSFAG Årsplan 10.klasse 2009-2010 SAMFUNNSFAG Årsplan 10.klasse 2009-2010 LÆREMIDDEL: Lærebøkene Monitor 3 :Geografi, Historie og, Kunnskapsbasar på internett, aviser, dokumentarar frå TV og filmar. MÅL FOR FAGET: I samsvar med Læreplanverket

Detaljer