Rapport frå forprosjekt: Kollektivstrategi for Hordaland

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Rapport frå forprosjekt: Kollektivstrategi for Hordaland"

Transkript

1 Rapport frå forprosjekt: Kollektivstrategi for Hordaland Oktober 2012 Foto: Fred Johnny

2 1 Bakgrunn Kollektivtransport har aukande merksemd som verkemiddel for ei ønska utvikling, både i transportpolitikken og i samfunnet generelt. Ambisiøse klimamål er vedtekne på alle politiske nivå, og det er ei uttala politisk målsetting at vi må begrense bruken av privatbil. Dette gjeld ikkje minst i Bergensområdet, der kapasitetsproblem allereie gjer seg gjeldande. Samtidig er det venta ei betydelig vekst i folketalet dei neste tiåra. Hordaland fylkeskommune har eit overordna ansvar for kollektivtransporten i heile fylket med buss, snøggbåt og ferjer. I Bergen har fylkeskommunen også ansvar for Bybanen. I tillegg til sjølve rutetilbodet, har fylkeskommunen ansvar for infrastrukturen i samband med terminalar og haldeplassar langs fylkesvegane og på fylkeskaiar. I 2007 vart eininga Skyss oppretta for å ta hand om kollektivansvaret. Fylkeskommunen ønsker å legge til rette for at kollektivtransporten får ei tydelig rolle i den langsiktige transportplanlegginga, og utviklinga av fylket generelt. Eit godt kunnskaps- og vedtaksgrunnlag er avgjerande for å ta det strategiske ansvaret for forvaltning av kollektivtransporten i fylket. Det er difor ønska ein grundig gjennomgang av rammevilkåra for kollektivtransporten, og ei kartlegging og systematisering av utfordringar og moglegheiter innafor kollektivtransportområdet. Gjennom ein overordna kollektivstrategi for Hordaland vil ein samanstille og vidareutvikle ein samla politikk for fylkeskommunen sitt arbeid med kollektivtrafikk. Prosjektet «Kollektivstrategi for Hordaland» er forankra i høyringsutkastet til Regional transportplan (RTP) Hordaland RTP skal til politisk handsaming hausten 2012, med sikte på endeleg vedtak i fylkestinget i desember. RTP er forankra i regional planstrategi for Hordaland, Hordaland skapar verdiar, Eit forprosjekt med deltakarar frå Skyss og samferdselsavdelinga har definert rammene for hovudprosjektet, jf. melding (86/12) til samferdselsutvalet. Dette dokumentet inneheld forprosjektet sine anbefalingar for hovudprosjektet, inkludert organisering, framdrift, innhald, ressursar og mål. 2 Formål og verkeområde Kollektivstrategien skal samanstille og vidareutvikle fylkeskommunen sin heilskaplege politikk innan kollektivområdet. Det overordna formålet er å legge til rette for at kollektivtransporten får ei tydeleg rolle i den langsiktige transportplanlegginga, og utviklinga av fylket. Inn under dette ligg det at kollektivstrategien skal: bidra til å etablere eit samla og heilskapleg kollektivtrafikksystem i fylket fungere som ei fagleg ramme for prioriteringar vere grunnlag for å møte forventa vekst og følge opp vedtekne mål konkretisere dei overordna måla, og peike på kva som må gjerast for å nå desse Kollektivstrategien vil ikkje vere ein plan etter plan- og bygningslova, men ein strategi definert av fylkeskommunen. Forprosjektet vurderer at kollektivstrategien bør ha tre verkeområder: 2

3 1. Kollektivstrategien skal legge grunnlaget for fylkeskommunen sine prioriteringar for utviklinga av kollektivtransporten i fylket gjennom budsjettvedtak. 2. Kollektivstrategien skal vere eit styringsdokument for Skyss og samferdselsavdelinga sitt arbeid med utvikling av kollektivtrafikktilbodet, til dømes gjennom å gje føringar for neste generasjon anbodsutsetjingar. 3. Kollektivstrategien skal vere eit innspelsdokument til andre planar og prosessar på kommunalt, regionalt og statleg nivå. 3 Føringar Kollektivstrategien vil følge opp vedtekne mål formulert i ulike nasjonale, regionale og lokale dokument og vedtak, som RTP og Klimaplan for Hordaland. Kollektivstrategien vil bygge på, oppdatere og vidareutvikle gjeldande strategiar og planar for kollektivtrafikken, til dømes utviklingsplan for Skyss og Bergensprogrammet. Prosjektet vil arbeide for at kollektivstrategien er godt koordinert med relevante pågåande prosessar, mellom anna regional plan for utbyggingsmønster, arealbruk og transport i Bergensområdet og regional plan for attraktive senter i Hordaland. På sikt er det viktig å samordne ulike strategidokument og handlingsplanar, dette vil bli eit tema i prosjektet. 4 Tidsperspektiv Når det gjeld tidsperspektiv anbefaler forprosjektet å ha ei inndeling i tre nivå: 1. Visjonar for kollektivtrafikken i eit langsiktig, visjonært perspektiv. 2. Konkrete mål og strategiar i perspektivet fram mot Dette er ei naturleg tidsramme med tanke på rammene i den neste generasjon anbodsutsetjingar. 3. Handlingsprogram og økonomiplan med konkrete tiltak for ein fireårsperiode. Dette må koordinerast med prosessen til handlingsprogrammet for RTP. 5 Sentrale tema Kollektivtilbodet handlar om mykje meir enn rutetilbodet. For den reisande er det er heilskapen av mellom anna trafikantinformasjon, framkomst for transportmidla, infrastruktur i knutepunkta, integrasjon med arealplanlegging og senterutvikling som gjev eit samla kollektivtransportsystem av høg kvalitet. Forprosjektet anbefaler derfor at kollektivstrategien tek for seg dei tema som er viktige for kollektivtilbodet, også på område som ikkje Hordaland fylkeskommune aleine har ansvar for. I den grad ein legg strategiar som går inn på andre aktørar sine ansvarsområde, må ein sjå dette som bidrag til vidare prosess og diskusjon. Slik kan vi få enda betre samhandling mellom aktørane, til beste for innbyggarane i fylket. Forprosjektet presenterer her eit utval av dei mest sentrale tema. Utvalet er gjort med tanke på kva vi veit at dei reisande med kollektivtrafikken er opptekne av, og kva som bidreg til å auke talet på reisande. Det er også lagt til grunn at kollektivstrategien skal danne grunnlag for neste generasjon bussanbod. 3

4 Forprosjektet anbefaler at kollektivstrategien har følgande hovudtema: 1. Prinsipp for utvikling av tilbodet 2. Kvalitet i tilbodet 3. Sal og marknadsføring 4. Miljøvenleg trafikkproduksjon 5. Betre framkomst 6. Infrastruktur for kollektivtrafikken 7. Samordna areal- og transportplanlegging 8. Ressursbehov og finansiering Tre viktige tema er grunnleggjande premiss i den samla kollektivstrategien: Kundane i fokus. Kollektivstrategien har som grunnpremiss at kollektivtransportsystemet innanfor sine rammer skal utviklast på ein slik måte at brukarane opplever tilbodet som godt, og at stadig fleire skal sjå det som ein enkel og effektiv reisemåte i sin kvardag. Universell utforming ligg til grunn som premiss for utvikling av heile kollektivsystemet. Dette inneber val og utforming av løysingar som sikrar tilgjenge for alle, utan spesielle tiltak for særskilde grupper. Miljø og klima. Det viktigaste bidraget i eit miljø- og klimaperspektiv er å bidra til ei utvikling der ein stadig større del av dei motoriserte reisene er kollektive. Ambisiøse vekstmål ligg til grunn for kollektivstrategien. Det andre bidraget er å sjå til at trafikkproduksjonen blir avvikla på ein miljømessig optimal måte. Delstrategiar på områda «prinsipp for utvikling av tilbodet» og «miljøvenleg trafikkproduksjon» vil dekke dette. 6 Organisering og medverknad Forprosjektet ser dei følgande punkta som suksesskriterium for at kollektivstrategien skal oppfylle formålet: Politisk forankring gjennom heile prosessen Strategisk samarbeid med, og involvering av relevant fagkompetanse frå kommunane, vegvesenet og eventuelt andre relevante Brei medverknad frå andre interessentar med roller og ansvar i kollektivtrafikken Forprosjektet sine anbefalingar når det gjeld organisering av prosjektet og prosess for medverknad er baserte på desse kriteria. 4

5 6.1 Politisk forankring, rapportering og vedtak Forprosjektet ser det som viktig at fylkespolitikarane har eigarskap til både prosessen og resultatet, og legg opp til følgande: Jamleg rapportering til SAMU/FUV Orientering og fagseminar for medlemmer i SAMU/FUV ved oppstart (første kvartal 2013). Ein konkret plan for vidare politisk involvering vil bli lagt i oppstartsfasen, i samband med detaljert plan for prosjektgjennomføring Endeleg vedtak av kollektivstrategien i fylkestinget 6.2 Prosjektorganisasjon Forprosjektet anbefaler at prosjektet blir organisert med ei styringsgruppe, prosjekteigar og ei prosjektgruppe, og at faggrupper/delprosjekt blir oppnemnde etter behov: Figur 1 Anbefalt organisering av prosjektet Styringsgruppa vil bestå av leiargruppa i samferdselsavdelinga og leiargruppa i Skyss. Styringsgruppa skal godkjenne mandat og overordna planar for prosjektet, og skal sjå til at prosjektet har tilstrekkelege rammevilkår og ressurstilgang for å gjennomføre desse. Direktør i Skyss vil vere eigar av prosjektet. Han vil ha det overordna ansvaret for at prosjektet oppfyller sitt formål, og når måla som er satt. Prosjekteigar godkjenner oppnemning av faggrupper/delprosjekt, og vedtek eventuelle endringar i prosjektet i samråd med styringsgruppa. Representantar frå Skyss vil saman med ressursar frå samferdselsavdelinga utgjere prosjektgruppa, som vil bli leia av prosjektleiar frå Skyss. Prosjektleiar har ansvar for at prosjektet blir gjennomført etter planen, med god kvalitet på resultatet. Prosjektgruppa er støtte for prosjektleiar i dette. Delprosjekt og faggrupper vil bli oppnemnt av prosjektgruppa etter behov og i samråd med prosjekteigar. Desse gruppene vil ha ei brei deltaking basert på relevant kompetanse frå Skyss, samferdselsavdelinga, eventuelt andre avdelingar i fylkeskommunen, Statens vegvesen og 5

6 kommunane. Andre interessentar som til dømes operatørar kan også bli involvert der dette er hensiktsmessig. Gjennom ulike samarbeidsråd vil ein etablere strategisk samarbeid med viktige aktørar utanfor fylkeskommunen, for tema som angår desse spesielt. 6.3 Prosess for medverknad Medverknad står sentralt i utarbeiding av alle planar i offentleg sektor, og er viktig for å utnytte kompetanse og erfaringar hjå til dømes brukarar av kollektivtilbodet. Forprosjektet meiner at prosessen med å utarbeide kollektivstrategien også er ei god anledning til å spreie kunnskap om kollektivtrafikken sin rolle og funksjon, og å synleggjere fylkeskommunen og Skyss si rolle som eigar og faginstans. Forprosjektet anbefaler at det blir utarbeidd ein detaljert plan for informasjon og deltaking ved oppstart av prosjektet. Denne planen kan mellom anna omfatte å arrangere opne seminar, korleis delta på eksisterande arenaer, og å sende ut nyheitsbrev til interessentar. Spesielt ønsker ein å engasjere ungdom gjennom forum som ungdommens fylkesting, ungdommens byråd, regionale ungdomsråd eller liknande. 7 Overordna framdriftsplan Forprosjektet legg til grunn formell oppstart av prosjektet så snart som råd etter politisk behandling av forprosjektet sine anbefalingar. I oppstartsfasen vil prosjektgruppa utarbeide ein detaljert framdriftsplan for delprosjekt og prosessar for medverknad og informasjon. I denne fasa vil ein også etablere fagleg overbygnad og målstruktur, og utarbeide mandat og deltakarar i nødvendige delprosjekt. Ein tek sikte på avslutting av prosjektet og politisk behandling av kollektivstrategien våren Forprosjekt Oppstartsfase Analyse og kunnskapsinnhenting Utarbeide delstrategiar Politisk vedtak Gjennomføring av handlingsprogram Rullering av handlingsprogram (årleg) Rullering av strategiplanen ved behov Figur 2 Overordna framdriftsplan for prosjektet 8 Ressursar Arbeidet med kollektivstrategien vil kreve tid frå ei rekke interne medarbeidarar i Skyss og samferdselsavdelinga. Prosjektet vil også medføre kostnader for utgreiingar og anna ekstern bistand. Skyss har tilsett ein prosjektleiar for å sikre koordinering og framdrift, men kostnadene for nødvendig arbeid med analyser og undersøkingar er ikkje fullt ut tatt høgde for i Skyss sine budsjett. På noverande tidspunkt er det for tidleg å talfeste denne kostnaden. Etter at prosjektet i oppstartsfasen 6

7 har lagt detaljerte planar, definert delprosjekt og mandat for desse, vil ein kunne komme tilbake med eit realistisk kostnadsbilete for prosjektet. 9 Gjennomføring, oppfølging og rullering av kollektivstrategien Det er eit velkjend fenomen at strategiar, uansett kor gode dei er, blir liggande «i ei skrivebordskuff». I ettertid kan det vere uklart i kva grad tiltak har blitt gjennomførd, og korleis ein ligg an når det gjeld å nå måla ein sette seg. Forprosjektet vurderer det som viktig at ein gjennom heile prosessen held fokus på den langsiktige gjennomføringa og oppfølginga av kollektivstrategien som kjem i etterkant av prosjektet. Forprosjektet anbefaler at ein i prosjektet utarbeider organisering og arbeidsprosess for gjennomføring samt måleparametrar for oppfølging av kollektivstrategien. Det er i denne samanhengen også viktig at ein klarer å samordne dei ulike handlingsprogram/tiltaksplanar som finst for kollektivområdet. Rullering av kollektivstrategien sitt handlingsprogram og økonomiplan bør skje årleg i forbindelse med budsjettprosess. Heile kollektivstrategien reviderast ved behov. 7

Kollektivseminar. Kollektivstrategi for Hordaland. Litteraturhuset i Bergen 22. mai 2013

Kollektivseminar. Kollektivstrategi for Hordaland. Litteraturhuset i Bergen 22. mai 2013 Kollektivseminar Kollektivstrategi for Hordaland Litteraturhuset i Bergen 22. mai 2013 Dagsorden 10:00 Velkomen Skyss og kollektivtrafikken i Hordaland Oddmund Sylta 12:00 Lunsj Brukervennlig og forenklet

Detaljer

Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028

Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 Bø kommune Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 Kommunedelplan for oppvekst 2016 2028, på høyring i perioden 03.03.16 14.04.16 Innhald Innleiing... 3 Frå plan til handling... 3 Visjon for Bø kommune...

Detaljer

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune Vedteken av arbeidsmiljøutvalet 03.11.2014 Innhald 1 INNLEIING OG MÅLSETTINGAR... 3 1.1 Innleiing... 3 1.2 Heimel for rutinen... 3 1.3 Målsettingar...

Detaljer

Samferdsel nasjonale og regionale retningslinjer

Samferdsel nasjonale og regionale retningslinjer Samferdsel nasjonale og regionale retningslinjer Samferdselsavdelinga har ansvaret for: Nærare 3000 km fylkesveg (drift, vedlikehald, investeringar) Kollektivtilbod (strategiske val, planlegge rutetilbod

Detaljer

Kostnader for bussar i kø i Bergensområdet

Kostnader for bussar i kø i Bergensområdet SKYSS Arkivnr: 2014/278-34 Saksbehandlar: Gudrun Einbu Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 06.09.2016 Fylkesutvalet 21.09.2016 Fylkestinget 04.10.2016 Kostnader for

Detaljer

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva: Prosjektplan: Mål for skuleutvikling i Lærdal kommune 1. Bakgrunn og føringar Lærdal kommune har delteke i organisasjonsutviklingsprogramma SKUP 1 og 2, som Utdanningsdirektoratet inviterte kommunar med

Detaljer

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART Saksnr Utval Møtedato Saksbeh. Utval for plan og miljø OHA Råd for seniorar og menneske med OHA nedsett funksjonsevne 012/14 Ungdomsrådet 08.04.2014 OHA Sakshandsamer: Øystein Havsgård Arkivsaknr 13/1119

Detaljer

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan 2014 2015. Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan 2014 2015. Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon Utviklingsplan for næringsarbeid 2014 2015 Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan 2014 2015 Innhald 1. Innleiing om planen og arbeidet 1.1 Innleiing s. 3 1.2 Historikk s. 3 2. Verdigrunnlag

Detaljer

Verbalforslag budsjett 2016

Verbalforslag budsjett 2016 : - Side 1 av 6 Verbalforslag budsjett Opplæring og helse Auka gjennomførings grad i den vidaregåande skulen Auke gjennomføringsgraden frå 70% til 80% Dette skal reflekterast i årsbudsjettet Notat som

Detaljer

Handlingsprogram Kollektivstrategi for Hordaland

Handlingsprogram Kollektivstrategi for Hordaland Trafikktilbod - Skyss Arkivnr: 2014/278-63 Saksbehandlar: Stine Karoline Olsen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 119/18 07.11.2018 Utval for miljø og samferdsel

Detaljer

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet 2009-2021. Sund kommune

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet 2009-2021. Sund kommune Planprogram Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet 2009-2021 Sund kommune Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Bakgrunn... 3 1.2 Rammer... 4 1.2.1 Nasjonale føringar... 4 1.2.2 Regional plan... 5 2. Formål...

Detaljer

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE Arkivref: 2011/1036-18202/2011 Saksh.: Kari Nygard Saksframlegg Saksnr Utval Møtedato Kommunestyret RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE Innstilling:

Detaljer

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN GENERELT Det er med fylkeskommunen som med ei privat hushaldning, at vi kan ikkje bruke meir enn vi har pengar til å betale med. Ei forsvarleg økonomistyring i fylkeskommunen

Detaljer

Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt. Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21.

Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt. Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21. Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21. september 2011 Samferdselspolitiske mål Høg velferd gjennom: - God mobilitet

Detaljer

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.02.2012 10347/2012 Hilde Johanne Svendsen Saksnr Utval Møtedato Fylkestrafikktryggingsutvalet 28.02.2012 Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016 KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG 2017-2027 FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016 Innhald 1. Bakgrunn for planarbeidet 2. Føremål 3. Føringar for planarbeidet 4. Mål 5. Tema og avgrensing

Detaljer

Saman eller singel? Informasjonsmøte om kommunereformen: intensjonsavtalen, Giske aleine etter 2020, folkerøysting, framdriftsplan.

Saman eller singel? Informasjonsmøte om kommunereformen: intensjonsavtalen, Giske aleine etter 2020, folkerøysting, framdriftsplan. Saman eller singel? Informasjonsmøte om kommunereformen: intensjonsavtalen, Giske aleine etter 2020, folkerøysting, framdriftsplan. Program for kvelden Velkomen og orientering om kvelden Kvifor ein kommunereform

Detaljer

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013 Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013 Rogaland skognæringsforum 1 1. Innleiing Arbeidet med Regionalt bygdeutviklingsprogram er forankra i Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken.

Detaljer

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY KVA ER INDIVIDUELL PLAN? Individuell plan er eit samarbeidsdokument. Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester skal få utarbeidd ein individuell

Detaljer

Skulebruksplanen Uttale frå Sogn Regionråd

Skulebruksplanen Uttale frå Sogn Regionråd Skulebruksplanen Uttale frå Sogn Regionråd Bakgrunn Synkande elevtal Økonomisk handlefridom: Med utgangspunkt i dei statlege overføringane for 2010 stipulerer fylkesrådmannen reduksjonen i 2014 til 3 mill

Detaljer

Regionale forskingsfond og forskingsstrategi

Regionale forskingsfond og forskingsstrategi Regionale forskingsfond og forskingsstrategi Notat til møte i Det sentrale forskingsutvalet ved UiB Onsdag 7. oktober 2009 ved Gunnstein Akselberg 1. Bakgrunn og føremål regionalt forskingsfond Stortinget

Detaljer

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar Tokke kommune Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg 2017 2030 Framlegg 15. mai 2017 Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar Innhald 1. Bakgrunn for planarbeidet 2. Føremål 3. Føringar for planarbeidet 4.

Detaljer

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg? Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg? Litt om denne økta Intro og litt om tankane bak dette møtet Kva er stoda i dei ulike kommunane Moglege kommunemodellar i vårt

Detaljer

Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn

Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn Prosjektplan Framlegg Vassområde Ytre Sogn 1. Bakgrunn Føreskrift om rammer for vassforvaltning (vassforskrifta) trådde i kraft 1.1.2007, som ei oppfølging av EUs rammedirektiv for vann (vassdirektivet).

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK INNHALD 1. Å vere barn som pårørande 2. Kven kan hjelpe? Alle under 18 år som har forelder eller andre pårørande med alvorleg sjukdom eller skade kan få tilbod

Detaljer

TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole

TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole TILSYNSRAPPORT Skulebasert vurdering Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole...

Detaljer

Rullering av kommunedelplan for trafikksikring 2016-2020. Framlegg til planprogram 18.02.16

Rullering av kommunedelplan for trafikksikring 2016-2020. Framlegg til planprogram 18.02.16 Rullering av kommunedelplan for trafikksikring 2016-2020 Framlegg til planprogram 18.02.16 Innhald 1. Bakgrunn for planarbeidet 2. Føremål 3. Føringar for planarbeidet 4. Mål 5. Tema og avgrensing av innhald

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule 2015 2018

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule 2015 2018 HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Ogna skule 2015 2018 Reglar mot mobbing 1) Me skal ikkje mobba andre 2) Me skal hjelpa andre som vert mobba 3) Me skal vera saman med elevar som er aleine 4) Viss me veit at nokon

Detaljer

Regional plan for kompetanse i Finnmark Planprogram

Regional plan for kompetanse i Finnmark Planprogram Regional plan for kompetanse i Finnmark Planprogram Foto : Sig urd Jako la Innhold side 1. Innledning. 2 2. Bakgrunn og formål 2 3. Utredningsbehov og alternativer..2 4. Planprosess.3 4.1. Organisering.3

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering

Detaljer

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Administrasjonsutvalet 19.05.2010 KAI 025/10 Avgjerd av: Administrasjonsutvalet Saksbeh.: Kari Anne Iversen Ansv. KAI Arkiv: N-048.2 Arkivsaknr

Detaljer

MAL /VEGVISAR FORRETNINGSPLAN FOR ETABLERARAR Sjå også Bedin Bedriftsinformasjon sitt oppsett og omtale av forretningsplan www.bedin.

MAL /VEGVISAR FORRETNINGSPLAN FOR ETABLERARAR Sjå også Bedin Bedriftsinformasjon sitt oppsett og omtale av forretningsplan www.bedin. MAL /VEGVISAR FORRETNINGSPLAN FOR ETABLERARAR Sjå også Bedin Bedriftsinformasjon sitt oppsett og omtale av forretningsplan www.bedin.no PERSON BAK FORRETNINGSPLANEN Namn,adresse, telefonnr og e-postadresse:

Detaljer

Regional transportplan Sogn og Fjordane

Regional transportplan Sogn og Fjordane Regional transportplan Sogn og Fjordane 2014-2023 Folkemøte Balestrand, Kviknes hotell 16.1.2013 Regional transportplan for Sogn og Fjordane Bakgrunn: Ny plan- og bygningslov 2010. Regional planstrategi:

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK INNHALD 1. Å vere barn som pårørande 2. Kven kan hjelpe? Alle under 18 år som har forelder eller andre pårørande med alvorleg sjukdom kan få tilbod om hjelp.

Detaljer

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE 2016-2020

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE 2016-2020 KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE 2016-2020 Versjon for høyring 3.-26.mai 2016 INNHALD 1.0 Kvifor planstrategi... 3 2.0 Visjon og overordna målsettingar.... 3 3.0 Evaluering av eksisterande planstrategi...

Detaljer

Arkiv FE-140. Kommuneplan 2015-2027 - Samfunnsdel - Offentleg ettersyn

Arkiv FE-140. Kommuneplan 2015-2027 - Samfunnsdel - Offentleg ettersyn SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Kommunestyret Eldrerådet 08.12.2014 013/14 Råd for menneske med nedsett funksjonsevne 08.12.2014 012/14 Formannskapet 11.12.2014 107/14 Sakshandsamar

Detaljer

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/571 1178/2015 / 002 RÅD / SANGUD 16.03.

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/571 1178/2015 / 002 RÅD / SANGUD 16.03. NOTAT VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen Til: Frå: Kopi: Anna Lianes Sak: Kommunesamanslåing - f.o.m 2012 Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/571 1178/2015 / 002 RÅD / SANGUD 16.03.2015

Detaljer

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN SAK 57/12 HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN Saksopplysning I sak 41/12 gjorde Regionrådet for Hallingdal slikt vedtak: 1. Regionrådet for Hallingdal vedtek å setja i gang eit 3-årig prosjekt; Hallingdal 2020,

Detaljer

Handlingsprogram Kollektivstrategi for Hordaland

Handlingsprogram Kollektivstrategi for Hordaland Skyss Arkivnr: 2014/278-40 Saksbehandlar: Gudrun Einbu Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 03.11.2016 Fylkesutvalet 16.11.2016 Fylkestinget 13.12.2016 Handlingsprogram

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Ansvarleg sakshandsamar sign. for utført handling: Saka er godkjend av fylkesrådmannen: Dokumentoversyn: Tal prenta vedlegg: * Tal uprenta vedlegg: * Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Fylkesrådmannen

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 01.10.2014 60985/2014 Maria Bolstad Dale Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 22.10.2014 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 18.11.2014 Fylkestinget

Detaljer

Forfall skal meldast til utvalssekretær, som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling.

Forfall skal meldast til utvalssekretær, som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling. Møteinnkalling Utval: Samferdselsutvalet Møtestad: 101 Fylkeshusa Dato: 12.06.2013 Tid: Kl. 11:15 Forfall skal meldast til utvalssekretær, som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell

Detaljer

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Gulen kommune

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Gulen kommune TILSYNSRAPPORT Kommunen som barnehagemyndigheit Gulen kommune 1 Innhald Samandrag... 3 1. Innleiing... 4 2. Om tilsynet med Gulen kommune... 4 2.1 Fylkesmannen fører tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit...

Detaljer

Kollektivstrategi for Hordaland. Fagseminar 14. februar 2013

Kollektivstrategi for Hordaland. Fagseminar 14. februar 2013 Kollektivstrategi for Hordaland Fagseminar 14. februar 2013 Kollektivstrategi for Hordaland Henry Gaarde Adm. direktør i Brakar fra mars 2010 Arbeidet med samferdsel siden 1975 Tidligere arbeidsgivere:

Detaljer

Kollektivstrategi for Hordaland - Årsrapport 2016

Kollektivstrategi for Hordaland - Årsrapport 2016 Trafikktilbod - Skyss Arkivnr: 2014/278-42 Saksbehandlar: Stine Karoline Olsen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 15.03.2017 Fylkesutvalet 30.03.2017 Fylkestinget

Detaljer

KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG AV INTENSJONSAVTALEN

KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG AV INTENSJONSAVTALEN KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG AV INTENSJONSAVTALEN KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG AV INTENSJONSAVTALEN Føremålet med intensjonsavtalen: Legge føringar og premissar for ei eventuell kommunesamanslåing. Intensjonsavtalen

Detaljer

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland 23.06.2014. Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland 23.06.2014. Høyring om ny rammeplan for kulturskulen Meland kommune Norsk kulturskuleråd Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland 23.06.2014 Vår: 14/1583-14/9954 randi.hilland@meland.kommune.no Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Detaljer

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur SPØRSMÅL VED FOLKEMØTET 25.02.10 I planprogrammet inngår eit kapittel om medverknad frå innbyggarane. Kommunen valte å arrangera ein temakveld der 5 (hovudtema 1,2,3,6og7) av dei 8 hovudtema i planarbeidet

Detaljer

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet 2015-2019 høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet 2015-2019 høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM Lærdal kommune PLANPROGRAM Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet 2015-2019 Innhald Innhald... 1 1 Innleiing... 2 2 Overordna føringar og rammer for planarbeidet... 3 2.1 Nasjonale føringar... 3

Detaljer

TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE

TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE SAK 48/07 TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE Saksopplysning På siste styremøte i Forum Nye Bergensbanen (FNB) vart det drøfta tiltak for å setja sterkare trykk på arbeidet med realisering

Detaljer

Fylkesmannen har løyvd kr 1 040 000 av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Fylkesmannen har løyvd kr 1 040 000 av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar. Sogn regionråd FELLES UTGREIING OM KOMMUNEREFORMA - STATUS Kommunane i Sogn regionråd gjennomfører ei felles utgreiing som skal gje kommunane eit grunnlag for å ta stilling til ev. kommunesamanslåing med

Detaljer

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011 Kristin Stray Jacobsen 1. FORMÅL Prosedyren skal sikre: - at den einskilte leiar følgjer opp sitt ansvar for eigenmelde/sjukmelde arbeidstakarar og arbeidstakarar under rehabilitering/attføring. - at arbeidstakarar

Detaljer

Program for kollektivterminalar

Program for kollektivterminalar Program for kollektivterminalar Regional transportplan - strategi for infrastruktur for kollektivtrafikken Det er formulert følgjande strategiar for utvikling av infrastruktur for kollektivtrafikken Regional

Detaljer

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning Kjære lærar! Takk for den jobben du gjer kvar dag for at elevane dine skal lære noko nytt og utvikle sine ferdigheiter og talent! Ungdomsskolen

Detaljer

Kollektivstrategi for Hordaland

Kollektivstrategi for Hordaland SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/278-16 Saksbehandlar: Gudrun Einbu, Vigdis Robak Bjørgo Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Samferdselsutvalet 13.05.2014 Fylkesutvalet 20.05.2014 Fylkestinget

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret 2015-2016. Vasshus skule a

Utviklingsplan skuleåret 2015-2016. Vasshus skule a Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Vasshus skule a Innhald Innleiing s. 3 Oppsummering av læringsmiljø og læringsresultat s. 4 Prioriterte utviklingsområder for skulen s. 5 Mål, milepælar, kompetanse og

Detaljer

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/00232-2 Ane Gjerde 1. mai 2014

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/00232-2 Ane Gjerde 1. mai 2014 BARNEOMBUDET Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet Postboks 8036 Dep 0030 OSLO Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/00232-2 Ane Gjerde 1. mai 2014 Høyring - forskrift om barn sin rett

Detaljer

PLANPROGRAM Interkommunal næringsarealplan for REGION VEST 11.5.2015. Eit samarbeid mellom kommunane i Region Vest

PLANPROGRAM Interkommunal næringsarealplan for REGION VEST 11.5.2015. Eit samarbeid mellom kommunane i Region Vest PLANPROGRAM Interkommunal næringsarealplan for REGION VEST 11.5.2015 Eit samarbeid mellom kommunane i Region Vest Innhald 1. Innleiing... 2 2. Bakgrunn... 2 3. Visjon og mål for planarbeidet... 3 3.1 Samarbeid

Detaljer

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT)

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT) Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT) Kort tilbakeblikk 2004 Dei statlige fagteama vart etablert og presentert som redninga for

Detaljer

Det teologiske fakultet Universitetet i Oslo

Det teologiske fakultet Universitetet i Oslo Det teologiske fakultet Universitetet i Oslo Bispemøtet Dato: 16.juni 2014 Deres ref.: 14/40-1 INW Vår ref.: 2014/3701 Norheim Kompetanseutviklingsplan for prester 2014 - høring Vedlagt oversendes høringssvar

Detaljer

023/15: SAMARBEIDSAVTALE MED STATOIL AD BRANNVERN

023/15: SAMARBEIDSAVTALE MED STATOIL AD BRANNVERN 022/15: SAMARBEID OM BRANNVESEN KS-022/15 VEDTAK: 1. Sotra Brannvern IKS og Øygarden brannvesen blir eit felles brann- og redningsteneste med namnet Vesthordland brann & redning (VHBR). 2. Det nye selskapet

Detaljer

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark Innhald 1. Mål og rammer... 3 1.1 Bakgrunn... 3 1.2 Rammer... 3 2. Omfang og avgrensing... 3 2.1 Oppgåvedefinisjon... 3 2.2 Avgrensing... 3 2.3 Organisering...

Detaljer

Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 13/15 05.03.2015

Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 13/15 05.03.2015 Arkiv: K11 Arkivsaksnr: 2014/1974-8 Saksbehandlar: Bodil Gjeldnes Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 13/15 05.03.2015 Vedlegg 1 Tabell viktige friluftsområder

Detaljer

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule Peder Haug, Institutt for pedagogikk, Høgskulen i Volda Innlegg ved: Innlandets utdanningskonferanse,

Detaljer

TILTAKSPLAN KOLLEKTIVTRAFIKKEN SIN INFRASTRUKTUR 2010-2013

TILTAKSPLAN KOLLEKTIVTRAFIKKEN SIN INFRASTRUKTUR 2010-2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201007745-19 Arkivnr. 831 Saksh. Iversen, Erlend Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 05.10.2011 13.10.2011 TILTAKSPLAN KOLLEKTIVTRAFIKKEN

Detaljer

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum 2011-2015

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum 2011-2015 KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2014/276-1 Saksbehandlar: Elisabeth Bjørsvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Kultur- og ressursutvalet 21.01.2014 Fylkesutvalet 30.01.2014 Fylkestinget

Detaljer

SAKSFRAMLEGG BYPAKKE GRENLAND - MULIGHETSSTUDIE. Forslag til tilråding frå fylkesrådmannen. Problemstillinga i få ord TELEMARK FYLKESKOMMUNE

SAKSFRAMLEGG BYPAKKE GRENLAND - MULIGHETSSTUDIE. Forslag til tilråding frå fylkesrådmannen. Problemstillinga i få ord TELEMARK FYLKESKOMMUNE TELEMARK FYLKESKOMMUNE SAKSFRAMLEGG BYPAKKE GRENLAND - MULIGHETSSTUDIE Godkjent av: Mette Fjulsrud Arkivsaksnr.: 11/5395 Arkivkode: N00 Saksbehandlar: Marte Bakken Resell Behandling i: Hovedutval for samferdsel

Detaljer

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden - Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden - Arkiv: 030 Saksmappe: 14/780 Saksbehandlar: Rådmannen Dato: 27.11.2014 Synnøve Vasstrand Synnes KOMMUNEREFORM - LOKAL PROSESS SAKSGANG Utvalssaksnr. Utval

Detaljer

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune KVINNHERAD KOMMUNE LEIK OG LÆRING HAND I HAND 2011/1908 KVALITET I KOMMUNALE BARNEHAGAR Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune Barnehagane i Kvinnherad kommune: Standard for kommunale

Detaljer

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031 Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam eldreråd 03.09.04 013/04 SILA Kvam formannskap 07.09.04 178/04 SILA Kvam heradsstyre 21.09.04 100/04 SILA Avgjerd

Detaljer

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1 Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan 2013-2016 Pilotfylke Møre og Romsdal 1. Innleiing Møre og Romsdal fylkeskommune fekk i 2013 eit tilskot på kroner 100 000

Detaljer

NY, HEILSKAPELEG VERDSARVPOLITIKK - FRÅSEGN FRÅ

NY, HEILSKAPELEG VERDSARVPOLITIKK - FRÅSEGN FRÅ HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201202984-6 Arkivnr. 653 Saksh. Moe, Helene og Sandved, David Aasen Saksgang Møtedato Fylkesutvalet - Sommarfullmakt 28.08.2012 NY, HEILSKAPELEG

Detaljer

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane?

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane 06-00 Vedteke i sak /6 i Fylkestinget.06.6 . Innleiing Regjeringa la fram dei nasjonale

Detaljer

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap 14.06.2011 039/11 HASO Kvam heradsstyre 20.06.2011 065/11 HASO Avgjerd av: Saksh.: Hans Atle Soldal Arkiv:

Detaljer

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Oktober 2014 Tittel: Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Dato: Oktober 2014 www.nokut.no Forord NOKUT har vore i kontinuerleg endring sidan

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret Aurland kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda 06.09.2012 112/12 Kommunestyret 06.09.2012 Saksansvarleg: Jan Olav Møller Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 12/771-3 K1-120,

Detaljer

Plan for forvaltningsrevisjon 2008-2012

Plan for forvaltningsrevisjon 2008-2012 Plan for forvaltningsrevisjon 2008-2012 Kvam herad Member of Deloitte Touche Tohmatsu Medlemmer av Den Norske Revisorforening org.nr: 980 211 282 Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Plan for forvaltningsrevisjon

Detaljer

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll Ullensvang herad Eldrerådet Møteprotokoll Møtedato: 20.03.2014 Møtetid: Kl. 13:15 14:45 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 001/14-008/14 Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti

Detaljer

Prøveutviklere omfatter både de som utvikler og administrerer prøver, og de som tar politiske beslutninger for bestemte prøver.

Prøveutviklere omfatter både de som utvikler og administrerer prøver, og de som tar politiske beslutninger for bestemte prøver. Norsk bokmål og nynorsk ALTEs Praksiskodeks Innledning I 1994 bestemte ALTE-medlemmene at det var nødvendig å innføre en formell Praksiskodeks som både ville definere kvalitetskrav som nåværende og framtidige

Detaljer

Særavtale til Tenesteavtale 6 for gjensidig kunnskapsoverføring, informasjonsutveksling, faglege nettverk og hospitering

Særavtale til Tenesteavtale 6 for gjensidig kunnskapsoverføring, informasjonsutveksling, faglege nettverk og hospitering Særavtale til Tenesteavtale 6 for gjensidig kunnskapsoverføring, informasjonsutveksling, faglege nettverk og hospitering Avtale om drift av nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Bergen

Detaljer

INTERNASJONAL STRATEGI

INTERNASJONAL STRATEGI INTERNASJONAL STRATEGI 2008 2009 SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE AUGUST 2007 1. Innleiande kommentarar Det internasjonale engasjementet i Sogn og Fjordane er aukande. Dette skapar utfordringar for fylkeskommunen,

Detaljer

Kva er ein god kulturminneplan? Arbeidseminar, Bergen, 14 oktober 2013 - Elizabeth Warren, Hordaland fylkeskommune

Kva er ein god kulturminneplan? Arbeidseminar, Bergen, 14 oktober 2013 - Elizabeth Warren, Hordaland fylkeskommune Kva er ein god kulturminneplan? Arbeidseminar, Bergen, 14 oktober 2013 - Elizabeth Warren, Hordaland fylkeskommune Ein plan for alle i kommunen Grunneigar, innbyggar får kunnskap om kulturminne og hjelp

Detaljer

Hvordan lage handlingsprogram når det er flere fylkeskommuner med?

Hvordan lage handlingsprogram når det er flere fylkeskommuner med? Hvordan lage handlingsprogram når det er flere fylkeskommuner med? Ikkje berre fleire fylkeskommunar! Heiplanen: Planområdet eller ansvarsområdet for å følgja opp og gjennomføra: fem fylke, fem fylkesmenn

Detaljer

I brev med varsel om pålegg av 03.02.2014 fekk de frist til 12.02.2014 for å komme med kommentarar. Vi har motteke kommentarar frå dykk.

I brev med varsel om pålegg av 03.02.2014 fekk de frist til 12.02.2014 for å komme med kommentarar. Vi har motteke kommentarar frå dykk. VÅR DATO VÅR REFERANSE 1 av 6 18.02.2014 DERES DATO DERES REFERANSE VÅR SAKSBEHANDLER Oddvar Mikalsen, tlf. 95816314 BARNEVERN Postboks 153 6851 SOGNDAL Tilsyn - BARNEVERN Vi viser til tilsynet hos verksemda

Detaljer

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess Nord-Fron kommune Politisk sak Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess Utval Saksnr Møtedato Saksbehandlar Formannskapet 125/14 28.10.2014 Astrid Vadet Formannskapet 134/14 11.11.2014 Arne Sandbu Formannskapet

Detaljer

Ein tydeleg medspelar. KS omdøme. Sluttrapport

Ein tydeleg medspelar. KS omdøme. Sluttrapport Ein tydeleg medspelar KS omdøme Sluttrapport Innhald Samandrag Samandrag 3 Bakgrunn 4 Gjennomføring 5 Mål 7 Kva har vi gjort? 8 Har vi nådd måla? 10 Aktivitet i gruppa 12 Sluttkommentar 13 I 2010 var Møre

Detaljer

Fylkesvegane - Plan- og byggeprogram 2016

Fylkesvegane - Plan- og byggeprogram 2016 SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/22536-3 Saksbehandlar: Lise Fauskanger Ådlandsvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 11.11.2015 Fylkesutvalet 18.11.2015 Fylkestinget

Detaljer

Klikk for å redigere tittelstil i malen

Klikk for å redigere tittelstil i malen Felles IT-verktøy for «Individuell plan» Klikk for å redigere tekststiler i 1 Individuell plan Langvarige koordinerte tenester gjev rett til Klikk individuell for å plan. redigere tekststiler i Heimla

Detaljer

VEDTAK AV REGIONAL PLAN FOR HARDANGERVIDDA 2011-2025

VEDTAK AV REGIONAL PLAN FOR HARDANGERVIDDA 2011-2025 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Planseksjonen Arkivsak 200702612-59 Arkivnr. 712.T07 Saksh. Bakke, Tord, Bjørgo, Tore Saksgang Samferdselsutvalet Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG PLANPROGRAM Dette bildet av ein del av Sjøholt sentrum er teke i slutten av 1860-åra INNHALDSLISTE 1. INNLEIING... 3 2. BAKGRUNN FOR KULTURMINNEPLANEN... 4 3. FØRINGAR,

Detaljer

«Nye Vestland fylkeskommune» i endring og utvikling

«Nye Vestland fylkeskommune» i endring og utvikling «Nye Vestland fylkeskommune» i endring og utvikling Rune Haugsdal, prosjektleiar 5. nov 2018 2 Intensjonsplan for samanslåing, 17.januar 2017 5. nov 2018 3 EKSPERTUTVALET Fylkeskommunens ansvar og oppgåver

Detaljer

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18 STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 05.12.2018 SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18 STYREMØTE:

Detaljer

Regionalt planforum - Forventninger og forpliktelser

Regionalt planforum - Forventninger og forpliktelser Regionalt planforum - Forventninger og forpliktelser Planseminar 02. 03.12.15 Seksjonsleder Anders O. T. Hagerup Regionalt planforum - Forventninger og forpliktelser Skal si noe om: Vår rolle Hva kan forventes

Detaljer

Søknad. RF13.50 www.regionalforvaltning.no

Søknad. RF13.50 www.regionalforvaltning.no Søknad Søknadsnr. 2015-0199 Søknadsår 2015 Arkivsak Støtteordning Infrastrukturmidlar i reiselivet-utlysing 2015 Prosjektnavn Pakketering av guida opplevingar i Jotunheimen Kort b eskrivelse Pilotprosjektet

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet 29.01.2015 007/15 Kommunestyret 12.02.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 14/638-15/326 K1-024 Jan Olav Åsarmoen Møller 57 63

Detaljer

St.meld. nr. 21 (2000-2001)

St.meld. nr. 21 (2000-2001) St.meld. nr. 21 (2000-2001) Styrt val i 4. studieåret i allmennlærarutdanninga Tilråding frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet av 21. desember 2000,godkjend i statsråd same dagen. Kapittel

Detaljer

Regionale møter - Samferdselsavdelinga. Lage Lyche seksjonsleiar - infrastruktur

Regionale møter - Samferdselsavdelinga. Lage Lyche seksjonsleiar - infrastruktur - Samferdselsavdelinga Lage Lyche seksjonsleiar - infrastruktur November Samferdselskonferanse Oktober Oktober 3. Tertial rapport Desember Vedtak Økonomiplan og budsjett Januar Tildelingsbrev frå MRFK

Detaljer

Vedlagt følger saksutgreiing og vedtak i levekårutval og formannskap i denne saka.

Vedlagt følger saksutgreiing og vedtak i levekårutval og formannskap i denne saka. Helse- og omsorgsdepartementet Saksnr Løpenr. Klassering Avd / sakshandsamar Dato 2012/9 2283/2012 G00 OMH/ OG 08.03.2012 _ HØYRING - FOLKEHELSEFORSKRIFTA Vedlagt følger saksutgreiing og vedtak i levekårutval

Detaljer

Mandat for innsatsgruppe Energisystemer

Mandat for innsatsgruppe Energisystemer Mandat IG Energisystemer Mandat for innsatsgruppe Energisystemer Bakgrunn I november 2007 sluttførte Innsatsgruppen for Energisystem sin rapport, med konklusjon om å prioritere satsning innen: Overordnet

Detaljer