Lærarane har for lite makt over eiga arbeidstid blir pålagde arbeid som ikkje er undervisningsrelatert, har for mange delegerte oppgåver

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Lærarane har for lite makt over eiga arbeidstid blir pålagde arbeid som ikkje er undervisningsrelatert, har for mange delegerte oppgåver"

Transkript

1

2 Innhald Debatthefte tidsbruk...3 Andre yrkesgrupper inn i skulen....5 Heim skule samarbeidet og samarbeid med elevane....6 Vurdering og dokumentasjon...7 Skuleleiing...8 Lenker:...9 Utarbeidd av Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane

3 Debatthefte tidsbruk Tidsbrukutvalet sin rapport samt stortingsmelding 19 ( ), Tid til læring oppfølging av Tidsbrukutvalet sin rapport, er utgangspunkt for dette debattheftet. Vi håpar at klubbar og lokallag vil finne aktuelle problemstillingar og tema for fagforeiningsmøte her. Målsetjinga vår er at vi skal kunne klare å bruke rapporten og stortingsmeldinga slik at lærarane kan få ein betre arbeidsdag med meir fornuftig bruk av tida. Vi tek her med 5 hovudkonklusjonar frå rapporten: Belastande arbeidssituasjon stort arbeidspress God leiing på alle nivå er viktig Lærarane har for lite makt over eiga arbeidstid blir pålagde arbeid som ikkje er undervisningsrelatert, har for mange delegerte oppgåver Svikt i det kommunale nivået følgjer ikkje lov- og avtaleverk Lærarrolla må avbyråkratiserast Vi har i dette debattheftet valt ut nokre tema som vi meiner kan vere nyttig å drøfte ute på arbeidsplassane. Andre yrkesgrupper inn i skulen Heim skule samarbeidet og samarbeid med Vurdering og dokumentasjon Skuleleiing I rapporten er det fleire tema å velje i, og det er mange andre aktuelle spørsmålstillingar under kvart emne enn dei vi har teke med her. Det er viktig at de tek utgangspunkt i det som er viktigast å diskutere på dykkar arbeidsplass her og no. Praksis på dykkar skule må vere utgangspunktet, og det er de som best veit kva som eventuelt må endrast for at tidsbruken skal opplevast rett. Det er og viktig for oss å understreke at målet er gode diskusjonar det er ikkje sikkert at felles reglar / praksis er verken mogeleg eller ynskjeleg på alle felt. Det som er viktig er at de som kollegaer med jamne mellomrom drøftar eigen praksis og har fokus på kva de som profesjonelle yrkesutøvar må prioritere for at de skal kunne løyse dei mange arbeidsoppgåvene på ein best mogeleg måte. Dette er 3

4 eit felles ansvar for leiing og tilsette, og vi meiner difor det er rimeleg at de og drøftar å få nytte noko av den bundne tida til slike diskusjonar. Nokre av emna høver godt for diskusjonar for leiing saman med resten av klubben, andre tema kan vere aktuelle for skuleleiarmedlemmene i lokallaget, eller berre for lærarmedlemmene. Det er viktig at de vel tema og opplegg for diskusjonane ut frå lokale behov. Emna er omfattande, så i nokre høve kan det truleg klare seg med ein eller to spørsmålsstillingar til eit møte. Og kanskje har de andre spørsmålstillingar enn dei vi har teke med her som de ynskjer å prioritere. Det er berre positivt det viktige er at vi ryddar plass til felles refleksjon rundt sentrale problemstillingar i arbeidet vårt! Det er i vårhalvåret de har høve til å påverke planlegginga av neste arbeidsår. Det er no de kan komme med innspel til bruk av fellestid og til innhald i den einskilde sine arbeidsplanar. Det er no de kan diskutere kva viktige tema dykkar tillitsvalde må ta opp med leiinga for at de skal få ein best mogeleg arbeidsdag. Vi håpar at de finn verktøy her som kan vere til hjelp i arbeidet med å ta att makta over eiga arbeidstid! Vi ynskjer innspel til oss frå debattane. Det er fint viss de sender dette til: sognogfjordane@utdanningsforbundet.no Lukke til med arbeidet! Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane november

5 Andre yrkesgrupper inn i skulen. I punkt i rapporten ( s 40 - ) peikar Tidsbrukutvalet på følgjande når det gjeld andre yrkesgrupper inn i skulen: Allerede i dag er det flere yrkesgrupper i skolen. Det er ingen formelle hindringer for å bruke andre yrkesgrupper enn lærere i skolen. Disse gruppene er imidlertid ikke kvalifisert til tilsetting i undervisningsstilling, men må tilsettes i andre typer kommunale stillinger. Tidsbrukutvalget mener at skoleeier må tilrettelegge for at relevant kompetanse fra andre yrkesgrupper kan benyttes i skolen. Tidsbrukutvalget mener at skoleeier spesielt må styrke den merkantile støtten i skolen, og sørge for at skolene har en god vaktmester- og renholdstjeneste. Denne kan enten være fast knyttet til den enkelte skole eller som en del av en ambulerende kapasitetsbase. I tillegg må skoleeier ha rutiner og tilstrekkelig med ressurser for vedlikehold og oppdatering av alt teknisk utstyr. Forsøk med skoler som kombinerer ansatte i SFO og barneskolen, viser at disse skolene på en god måte klarer å benytte arbeidsstyrken slik at lærerne får frigjort tid til å ivareta kjerneoppgavene. Aktuelle spørsmål til drøfting: 1. Er det prinsipielle grunnar til at ein ikkje kan/bør ha fleire yrkesgrupper inn i skulen? 2. Kva er eventuelt målet/ meininga med å få inn nye yrkesgrupper i skulen? 3. Kva oppgåver kan andre yrkesgrupper gjere på vår skule som undervisningspersonalet gjer i dag? 4. Kva yrkesgrupper kan overta dei ulike oppgåvene ein eventuelt kjem fram til i spørsmål 3? 5

6 Heim skule samarbeidet og samarbeid med elevane. I punkt i rapporten ( s 34 - ) peikar Tidsbrukutvalet på følgjande når det gjeld dette samarbeidet: Undersøkingar syner at samarbeidet mellom heim og skule tek meir tid enn tidlegare. Grunnen til dette er mellom anna nye kommunikasjonsformer som gjer læraren lettare tilgjengeleg. I den samanheng ser Tidsbrukutvalet det som viktig at skuleeigar hjelper til med forventningsavklaring mellom heim og skule for å unngå store interne skilnader i kommunen. Utvalet peikar og på trongen for gode rutinar og rammer for samarbeidet, t.d. når det gjeld kommunikasjon via mobiltelefon / tekstmeldingar og e-post. Utvalet rår og til å involvere elevrådet i slike diskusjonar. Aktuelle spørsmål til drøfting: 1. Treng vi felles reglar / rutinar når det gjeld tilgjengelegheit gjennom til dømes e-post og tekstmeldingar? 2. Bør nye digitale kommunikasjonsformer få innverknad på korleis vi legg opp arbeidsplanar og korleis vi reknar arbeidstid? 3. Nokre stader kan kontaktlærar etter søknad få dekka bruk av privat mobiltelefon i arbeidet. Er dette aktuelt for oss å arbeide for? 4. Kan / bør vi ha ulike reglar for ulike elevar / ulike føresette/ ulike lærarar når det gjeld slik kommunikasjon? 6

7 Vurdering og dokumentasjon Tidsbruksutvalet sin rapport slår fast at samspelet mellom elevar og lærarar er ein av dei faktorane som har størst innverknad på elevane sin motivasjon og læring. Samstundes slår rapporten fast at lærarane meiner dei bruker alt for mykje tid på t.d. møte, konfliktløysing, dokumentasjon og rapportar. Tida til skulen sine kjerneoppgåver, undervisning, vurdering og planlegging, vert alt for knapp. Kvifor reagerer då mange lærarar negativt på dei nye forskriftene til Opplæringslova kap.3? Her vert det jo nettopp fokusert på vurdering; både undervegsvurdering og sluttvurdering, eigenvurdering og lærar si vurdering. Endeleg ei forskrift som anerkjenner læraren sine behov. Gjennom regelmessige faglege samtalar med eleven og føresette får lærar høve til å gje eleven tilbakemelding om kva som er forventa, kvaliteten på arbeidet, korleis eleven kan forbetre seg og korleis han kan utvikle seg gjennom å vurdere eige arbeid. Aktuelle spørsmål til drøfting: 1. I kva grad fremjar vurderingsarbeidet vårt elevane si læring? Kva er vi gode på? Kva bør vi gjere annleis? 2. Kva er det med den nye forskrifta som gjer at fleire lærarar kjenner dette vert enno ein tidstjuv? 3. Korleis kan vi innarbeide dei nye pålegga i skulen sine eksisterande planar for vurdering og samarbeid heim/skule på dette området? 4. Korleis skal vi best kunne organisere undervegsvurderinga slik at det ikkje kjennest som ein uoverstigeleg mur for både faglærar og kontaktlærar? 5. Kor mykje av undervegsvurderinga skal vere skriftleg? Og er det i det heile mogeleg for ein faglærar å ha munnlege vurderingar med alle elevane sine to gonger i året? 6. Er vi godt nok orienterte / skulerte om regelendringar og kriterium for vurdering? Om nei: Kva må vi gjere med dette? 7. I kva grad skal vi bruke felles system i vurderingsarbeidet ved skulen vår? Skal det vere same system for ulike klassesteg? 8. Korleis legg vi til rette for at elevane skal få ta aktivt del i vurdering av eige arbeid og utvikling? 7

8 Skuleleiing Ledelse, ledelse, ledelse er det som behøves mest i norsk skole, sa utvalsleiar Kirsti Kolle Grøndal då ho la fram rapporten frå tidsbrukutvalet. Rapporten støttar seg til TALIS undersøkinga når det vert vektlagt at norske rektorar er orienterte meir mot administrativ leiing enn mot pedagogisk leiing, og både rapporten og statsråd Kristin Halvorsen sine kommentarar i etterkant vert av mange tolka slik at det er viktig med ei kursendring mot meir fokus på pedagogisk leiing. En dreining av lederrollen i retning av mer pedagogisk ledelse, framfor den administrative delen av lederskapet, er ønsket både fra forskere og politikere, skriv Skolelederen( nr. 1/2010) i oppsummeringa av utvalet sin rapport. I innlegget til Kristin Halvorsen i Dagbladet den 29.mars 2010 stadfester kunnskapsministeren ynskjet om ei kursendring: Skolelederne må ha tid til å være faglige veiledere for lærerne, ikke bare administrere skolen eller være bundet opp i et byråkratisk skjemavelde. Dette står i kontrast til Stortingsmelding 31 ( ), som seier at det på mange skular er en stilletiende enighet om at ledelsen ikke skal blande seg for mye inn i det lærerne driver med. Aktuelle spørsmål til drøfting: 1. Stemmer det at norske skuleleiarar er for lite opptekne av det som skjer i klasserommet? 2. Kva arbeidsoppgåver bør skuleleiaren prioritere å bruke meir tid til innafor sitt årsverk? 3. Korleis kan vi på vår skule saman legge til rette for større grad av pedagogisk leiing? 8

9 Lenker: Tidsbrukutvalet sin rapport Stortingsmelding 16 ( ) Faktaark 2010:5 Tidsbrukutvalet Artikkel av Per Aahlin: Arbeidstid og tidsbruk ( Betre skole 1/2010) Kommentar i Aftenposten Rektorrollens ubehag Lenkene er klikkbare i den elektroniske versjonen av heftet. Heftet finn du på For tillitsvalde Verktøykassa 9

10 Notatar: 10

11 11

12

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule 2015 2018

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule 2015 2018 HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Ogna skule 2015 2018 Reglar mot mobbing 1) Me skal ikkje mobba andre 2) Me skal hjelpa andre som vert mobba 3) Me skal vera saman med elevar som er aleine 4) Viss me veit at nokon

Detaljer

Foreldreundersøking i skule 2006

Foreldreundersøking i skule 2006 Foreldreundersøking i skule 2006 Våren 2006 gjennomførte me ei brukarundersøking for foreldra i skulane i Kvam. Dette var ei digital undersøking som Utdanningsdirektoratet står bak. Foreldra fekk internettadressa

Detaljer

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule Peder Haug, Institutt for pedagogikk, Høgskulen i Volda Innlegg ved: Innlandets utdanningskonferanse,

Detaljer

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule Jørn Kvinnherad kommune 2012/979-1 Våren 2012 INNLEIING Planen er det første steget mot ei systematisk rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule

Detaljer

Rettleiar for gjennomføring av undervisningsevalueringa ved dei vidaregåande skolane

Rettleiar for gjennomføring av undervisningsevalueringa ved dei vidaregåande skolane Rettleiar for gjennomføring av undervisningsevalueringa ved dei vidaregåande skolane Gjennomføring av undervisningsevaluering skoleåret 2015/2016 Om undervisningsevalueringa Fylkesutdanningsutdanningssjefen

Detaljer

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN Interkontrollhandbok Side: 1 av 5 FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN 8.1 INFORMASJON / INTRODUKSJON AV NYTILSETTE Førsteinntrykket på arbeidsplassen vil prega oss i lang tid framover. Det er difor viktig

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY KVA ER INDIVIDUELL PLAN? Individuell plan er eit samarbeidsdokument. Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester skal få utarbeidd ein individuell

Detaljer

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning Kjære lærar! Takk for den jobben du gjer kvar dag for at elevane dine skal lære noko nytt og utvikle sine ferdigheiter og talent! Ungdomsskolen

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret 2015-2016. Vasshus skule a

Utviklingsplan skuleåret 2015-2016. Vasshus skule a Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Vasshus skule a Innhald Innleiing s. 3 Oppsummering av læringsmiljø og læringsresultat s. 4 Prioriterte utviklingsområder for skulen s. 5 Mål, milepælar, kompetanse og

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 02.11.2011 110/2012/000/&00 Sverre Hollen, 71 25 80 57 02.01.2012

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 02.11.2011 110/2012/000/&00 Sverre Hollen, 71 25 80 57 02.01.2012 Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 Oslo Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 02.11.2011 110/2012/000/&00 Sverre Hollen, 71 25 80 57 02.01.2012 Høyring - Forslag til

Detaljer

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune Vedteken av arbeidsmiljøutvalet 03.11.2014 Innhald 1 INNLEIING OG MÅLSETTINGAR... 3 1.1 Innleiing... 3 1.2 Heimel for rutinen... 3 1.3 Målsettingar...

Detaljer

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås «VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering

Detaljer

Prøveutviklere omfatter både de som utvikler og administrerer prøver, og de som tar politiske beslutninger for bestemte prøver.

Prøveutviklere omfatter både de som utvikler og administrerer prøver, og de som tar politiske beslutninger for bestemte prøver. Norsk bokmål og nynorsk ALTEs Praksiskodeks Innledning I 1994 bestemte ALTE-medlemmene at det var nødvendig å innføre en formell Praksiskodeks som både ville definere kvalitetskrav som nåværende og framtidige

Detaljer

Vurdering på barnetrinnet. Nå gjelder det

Vurdering på barnetrinnet. Nå gjelder det Vurdering på barnetrinnet Nå gjelder det 2 Nå gjelder det 1. august 2009 ble forskrift til opplæringsloven kapittel 3 Individuell vurdering i grunnskolen og i videregående opplæring endret. Denne brosjyren

Detaljer

TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole

TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole TILSYNSRAPPORT Skulebasert vurdering Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole...

Detaljer

Tiltaksplan mot mobbing

Tiltaksplan mot mobbing Tiltaksplan mot mobbing Definisjon på mobbing : (Dan Olweus) Ein person vert mobba eller plaga når han eller ho, fleire gonger og over ei viss tid, vert utsett for negative handlingar frå ein eller fleire

Detaljer

Arbeidstid Dagskurs for tillitsvalgte 4.desember 2013. Aina Skjefstad Andersen

Arbeidstid Dagskurs for tillitsvalgte 4.desember 2013. Aina Skjefstad Andersen Arbeidstid Dagskurs for tillitsvalgte 4.desember 2013 Aina Skjefstad Andersen Arbeidstid for skoleverket - KS 20.nov startet arbeidstidsforhandlingene for skoleverket mellom Utdanningsforbundet og KS Håpet

Detaljer

Kvalitetsundersøking våren 2014

Kvalitetsundersøking våren 2014 Kvalitetsundersøking våren 2014 Oppvekst og kultur 1 Innhaldsliste: Innleiing s. 3 Administrasjon medarbeidarundersøking s. 4 Medarbeidarundersøking s. 5 Brukarundersøking barnehagar s. 6 Brukarundersøking

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland 23.06.2014. Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland 23.06.2014. Høyring om ny rammeplan for kulturskulen Meland kommune Norsk kulturskuleråd Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland 23.06.2014 Vår: 14/1583-14/9954 randi.hilland@meland.kommune.no Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Detaljer

Utdanningsprogrammet skal gje folkevalde og administrativt tilsette auka kunnskap og ferdigheiter i dialogbasert styring av skulen.

Utdanningsprogrammet skal gje folkevalde og administrativt tilsette auka kunnskap og ferdigheiter i dialogbasert styring av skulen. Utdanningsprogrammet skal gje folkevalde og administrativt tilsette auka kunnskap og ferdigheiter i dialogbasert styring av skulen. Ønska effektmål: Ei endring av praksis i klasseromma i skulane i fylket

Detaljer

Opplæringslova http://www.youtube.com/watch?v=dmdtbep3w9c&feature=related Lov- og avtalesystemet Stortinget Lover Partar Tariffavtalar Del A Forhandlingsordningar Hovudavtalen Del B Medråderett, rettar

Detaljer

2. Sjå tiltak under punkt 2.1. 3. Ikkje aktuel

2. Sjå tiltak under punkt 2.1. 3. Ikkje aktuel Barnehage og skule tek i bruk den sosiale læreplanen og utviklar felles rutinar for handtering av mobbesaker. Barnehage og skule har trygge og tydelege vaksne og set fokus på vaksenrolla. Barnehage og

Detaljer

HANDLINGSPLAN 2011-2014 Side 1

HANDLINGSPLAN 2011-2014 Side 1 HANDLINGSPLAN 2011-2014 Side 1 Kommunale mål for skule og barnehagesektoren Barnehage Fokusområder Satsingsområde Mål Frist for gjennomføring Når og korleis skal resultatet vurderast HANDLINGSPLAN 2011-2014

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune KVINNHERAD KOMMUNE LEIK OG LÆRING HAND I HAND 2011/1908 KVALITET I KOMMUNALE BARNEHAGAR Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune Barnehagane i Kvinnherad kommune: Standard for kommunale

Detaljer

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/00232-2 Ane Gjerde 1. mai 2014

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/00232-2 Ane Gjerde 1. mai 2014 BARNEOMBUDET Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet Postboks 8036 Dep 0030 OSLO Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/00232-2 Ane Gjerde 1. mai 2014 Høyring - forskrift om barn sin rett

Detaljer

HØYANGER KOMMUNE OPPVEKST OG KULTUR PLAN FOR OVERGANGANE. Plan overganger Høyanger kommune.

HØYANGER KOMMUNE OPPVEKST OG KULTUR PLAN FOR OVERGANGANE. Plan overganger Høyanger kommune. HØYANGER KOMMUNE OPPVEKST OG KULTUR PLAN FOR OVERGANGANE Plan for overgangane Planen omfattar alle barnehagar, og skular i Høyanger kommune. Planen er utforma av barnehagestyrarar i dei ulike barnehagane

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK INNHALD 1. Å vere barn som pårørande 2. Kven kan hjelpe? Alle under 18 år som har forelder eller andre pårørande med alvorleg sjukdom eller skade kan få tilbod

Detaljer

Høyring - endring i Opplæringslova - Friare skoleval, moglegheit til å tilby meir grunnskoleopplæring m.m.

Høyring - endring i Opplæringslova - Friare skoleval, moglegheit til å tilby meir grunnskoleopplæring m.m. saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 10.11.2015 72254/2015 Geir Løkhaug Saksnr Utval Møtedato U 134/15 Fylkesutvalet 16.11.2015 Høyring - endring i Opplæringslova - Friare skoleval, moglegheit

Detaljer

Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028

Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 Bø kommune Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 Kommunedelplan for oppvekst 2016 2028, på høyring i perioden 03.03.16 14.04.16 Innhald Innleiing... 3 Frå plan til handling... 3 Visjon for Bø kommune...

Detaljer

Vår ref: Deres ref Saksbehandler Dato 2012/6959-12 Knut Olav Dypvik 90405148 07.05.2013

Vår ref: Deres ref Saksbehandler Dato 2012/6959-12 Knut Olav Dypvik 90405148 07.05.2013 Fosnes kommune Fosnes oppvekst og kultur Fylkesmannen i Nord-Trøndelag Postboks 2600 7734 Steinkjer Att. Ragnhild Sperstad Lyng Vår ref: Deres ref Saksbehandler Dato 2012/6959-12 Knut Olav Dypvik 90405148

Detaljer

Vurderingsrettleiing 2012

Vurderingsrettleiing 2012 Vurderingsrettleiing 2012 ENG0012 Engelsk 10.trinn Til sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk ENG0012 Engelsk 10. trinn Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2012 Denne vurderingsrettleiinga

Detaljer

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid».

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid». Hei hå, no er det jul igjen! Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid». Me har no avslutta prosjektet «Familien min» og vil oppsummera litt.

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK INNHALD 1. Å vere barn som pårørande 2. Kven kan hjelpe? Alle under 18 år som har forelder eller andre pårørande med alvorleg sjukdom kan få tilbod om hjelp.

Detaljer

Elevvurdering i skolen. Utdanningsforbundets politikk.

Elevvurdering i skolen. Utdanningsforbundets politikk. Elevvurdering i skolen Utdanningsforbundets politikk www.utdanningsforbundet.no 2 www.utdanningsforbundet.no Skal fremme læring og utvikling Utdanningsforbundet mener at formålet med vurdering må være

Detaljer

Matematikk 1, 4MX1 1-7E1

Matematikk 1, 4MX1 1-7E1 Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX1 1-7E1 ORDINÆR EKSAMEN 24.05.2011. Sensur faller innen 16.06.2011. BOKMÅL. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag etter sensurfrist, dvs. 17.06.2011

Detaljer

Arbeidstid. Medlemsundersøkelse. 7. 19. mai 2014. Oppdragsgiver: Utdanningsforbundet

Arbeidstid. Medlemsundersøkelse. 7. 19. mai 2014. Oppdragsgiver: Utdanningsforbundet Arbeidstid Medlemsundersøkelse 7. 19. mai 2014 Oppdragsgiver: Utdanningsforbundet Prosjektinformasjon Formål: Dato for gjennomføring: 7. 19. mai 2014 Datainnsamlingsmetode: Antall intervjuer: 1024 Utvalg:

Detaljer

Kvalitet i dagleg arbeid. Stolte fagfolk for framtida

Kvalitet i dagleg arbeid. Stolte fagfolk for framtida Borgund vgs Stolte fagfolk for framtida Ein arena for personleg, fagleg og sosial vekst gjennom samhandling (frå skolen si pedagogiske plattform) Borgund vgs Som eigen organisasjon og som ein del av Møre

Detaljer

Arbeid for eit godt psykososialt miljø i barnehagar og skular Sogn våren 2015. Oppvekst og utdanningsmøte Skei 25.03.2015

Arbeid for eit godt psykososialt miljø i barnehagar og skular Sogn våren 2015. Oppvekst og utdanningsmøte Skei 25.03.2015 Arbeid for eit godt psykososialt miljø i barnehagar og skular Sogn våren 2015 Oppvekst og utdanningsmøte Skei 25.03.2015 1 Beredskapsteam mot mobbing Utviklingsprosjekt i regi av KS og FUG Utprøvd i fire

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 13.02.2014

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 13.02.2014 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 04.02.2014 7234/2014 Harald Tomren Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 13.02.2014 Undervisningsevalueringa 2013-2014 Bakgrunn Frå ulike hald har det

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar: I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar: 1-12 skal lyde: 1-12 Fritak frå opplæring i kroppsøving Rektor kan etter søknad gi elevar i vidaregåande opplæring

Detaljer

KS: Utviklingsrettleiarane: Inger Marie Evjestad

KS: Utviklingsrettleiarane: Inger Marie Evjestad Stad Scandic Sunnfjord Hotel, Førde Dato 03.02.2016 Møteramme 09.30 12.30 Til stades HISF: Osvald Lykkebø Rådmannsutvalet: Bente Nesse Utdanningsforbundet: Magnhild Hoddevik Skuleleiarforbundet: Forfall

Detaljer

Rutine for oppfølgingsmøte:

Rutine for oppfølgingsmøte: Rutine for oppfølgingsmøte: Oppfølgingsplan, seinast etter 4 veker: Oppfølgingsplan skal vere utarbeidd seinast etter 4 veker sjukemelding, uansett gradering. Denne skal utarbeidast av leiar og medarbeidar

Detaljer

Oppfølging av 9A i Opplæringslova Handlingsplan Myking skule

Oppfølging av 9A i Opplæringslova Handlingsplan Myking skule Oppfølging av 9A i Opplæringslova Handlingsplan Myking skule 1. Formål Prosedyrane skal sikre eit godt fysisk og psykososialt arbeidsmiljø for elevane i tråd med 9a i opplæringslova. 2. er ansvarleg for

Detaljer

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. 1 Øystese barneskule Innleiing: September-2012 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja

Detaljer

Kurs i livsstilsendring Er det mogleg å hjelpe nokon til å endre livsstil??

Kurs i livsstilsendring Er det mogleg å hjelpe nokon til å endre livsstil?? Kurs i livsstilsendring Er det mogleg å hjelpe nokon til å endre livsstil?? Hilde Blindheim Børve Dagleg leiar LMS / Helsepedagog Bevisstgjering Bevisstgjerande kurs For å ta bevisste val kreves kunnskap!

Detaljer

Øystese barneskule April - 08

Øystese barneskule April - 08 Øystese barneskule April - 08 1 Innleiing: 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja helsa,

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Opplæringsloven 5-4. Unni Dagfinrud Seniorrådgiver 04.05.2016

Opplæringsloven 5-4. Unni Dagfinrud Seniorrådgiver 04.05.2016 Opplæringsloven 5-4 Unni Dagfinrud Seniorrådgiver 04.05.2016 Opplæringsloven 1-3 Tilpasset opplæring og tidlig innsats Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen

Detaljer

Kviteseid kommune. Møteinnkalling

Kviteseid kommune. Møteinnkalling Kviteseid kommune Møteinnkalling Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset i Kviteseid Dato: 12.06.2013 Tidspunkt: 14:00 Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder

Detaljer

Medarbeidersamtalen ved Det helsevitenskapelige fakultet

Medarbeidersamtalen ved Det helsevitenskapelige fakultet Medarbeidersamtalen ved Det helsevitenskapelige fakultet Definisjon av medarbeidersamtale: En medarbeidersamtale er en planlagt, forberedt og tilbakevendende personlig samtale mellom leder og medarbeider.

Detaljer

Motivasjon og mestring for bedre læring - hvordan reduserer vi frafall?

Motivasjon og mestring for bedre læring - hvordan reduserer vi frafall? Motivasjon og mestring for bedre læring - hvordan reduserer vi frafall? Kontaktmøte mellom Fylkesmannen og KS Rogaland Avdelingsdirektør Jan Sivert Jøsendal Stavanger 6. desember 2012 Hvem skal vi gjøre

Detaljer

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss VURDERING fordi vi stiller krav og vi bryr oss 3 Helsing frå rektor INNHALD Helsing frå rektor Side 3 Skulen sin visjon Side 4 Kva handler vurdering om Side 5 Dette har du som elev plikt til Side 6 Dette

Detaljer

Tilsetting og kompetansekrav

Tilsetting og kompetansekrav Tilsetting og kompetansekrav Det er to typer kompetansekrav for de som skal undervise i skolen: kompetansekrav for å kunne bli tilsatt i undervisningsstilling kompetansekrav for å undervise i fag Last

Detaljer

TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE

TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE SAK 48/07 TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE Saksopplysning På siste styremøte i Forum Nye Bergensbanen (FNB) vart det drøfta tiltak for å setja sterkare trykk på arbeidet med realisering

Detaljer

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE Kultur og oppvekst PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE KAP. 1. SØKNADSRUTINER FOR SPESIALUNDERVISNING FOR SKULEN OG SPESIALPEDAGOGISK HJELP BARNEHAGEN. 1.0 INNLEIING Det er viktig å utvikle

Detaljer

FAU/SU I SKODJE BARNEHAGE

FAU/SU I SKODJE BARNEHAGE SKODJE KOMMUNE Skodje barnehage Vår visjon: Hos oss skal alle føle seg som ein positiv og ønska del av fellesskapet /SU I SKODJE BARNEHAGE RETNINGSLINER FOR ARBEID I SAMARBEIDSORGANA I SKODJE BARNEHAGE

Detaljer

12.02.2014 12:00-15:00 MERK!

12.02.2014 12:00-15:00 MERK! Vår ref. 14/73-2 033 /BOSL Medlemmar og varamedlemmar Dato 05.02.2014 Seljord kommune - Det vert med dette kalla inn til møte: Dato: Onsdag 12.02.2014 Tid: 12:00-15:00 MERK! Sted: Møterom, kommuneshuset

Detaljer

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet 29.11.2010 107/2010 Kommunestyret

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet 29.11.2010 107/2010 Kommunestyret VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 155 Arkivsaksnr.: 2010/1115 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato: 18.11.2010 Økonomiplan 2011-2014 Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet 29.11.2010 107/2010 Kommunestyret

Detaljer

MATEMATIKK I OPPVEKSTSENTER

MATEMATIKK I OPPVEKSTSENTER MATEMATIKK I OPPVEKSTSENTER Som del av prosjektet Kunnskapsløftet i oppvekstsenteret har eg besøkt fire oppvekstsenter i kommunane Balestrand og Vik. På denne måten har eg fått kunnskap om korleis undervisninga

Detaljer

Reviderte læreplaner konsekvenser for undervisningen?

Reviderte læreplaner konsekvenser for undervisningen? Reviderte læreplaner konsekvenser for undervisningen? Multiaden 2013 Innhold Kompetanse i matematikk Den reviderte læreplanen Hva skal elevene lære? Grunnleggende ferdigheter i matematikk Konsekvenser

Detaljer

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva: Prosjektplan: Mål for skuleutvikling i Lærdal kommune 1. Bakgrunn og føringar Lærdal kommune har delteke i organisasjonsutviklingsprogramma SKUP 1 og 2, som Utdanningsdirektoratet inviterte kommunar med

Detaljer

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT)

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT) Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT) Kort tilbakeblikk 2004 Dei statlige fagteama vart etablert og presentert som redninga for

Detaljer

Lov- og avtalesystemet

Lov- og avtalesystemet Hovudtariffavtalen Lov- og avtalesystemet Stortinget Lover Partar Tariffavtalar Hovudavtalen Del A Del B Forhandlingsordningar Medråderett, rettar og plikter m.m. Barnehagelova Opplæringslova Arbeidsmiljølova

Detaljer

Mal for vurderingsbidrag

Mal for vurderingsbidrag Mal for vurderingsbidrag Fag: Samfunnsfag (historie) Tema: 2. verdenskrig Trinn: 9. trinn Tidsramme: ca. 3 uker ----------------------------------------------------------------------------- Undervisningsplanlegging

Detaljer

4. samling for ressurspersoner pulje 4 26. og 27. november 2013. Ida Large, Reidunn Aarre Matthiessen og Trude Saltvedt

4. samling for ressurspersoner pulje 4 26. og 27. november 2013. Ida Large, Reidunn Aarre Matthiessen og Trude Saltvedt 4. samling for ressurspersoner pulje 4 26. og 27. november 2013 Ida Large, Reidunn Aarre Matthiessen og Trude Saltvedt Mål for dag 1 Deltakerne skal få inspirasjon og ideer til implementering og spredning

Detaljer

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. Vårt ynskje: Alle barn skal ha eit trygt miljø i barnehagen utan mobbing.

Detaljer

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN TILSYN MED TYSVÆR KOMMUNE TIDSPUNKT: 15. Mars 2010 Vår ref: 10/929 KOMMUNENS ADRESSE: Rådhuset, Postboks 94, 5575 Aksdal KOMMUNENR: 1146 TILSYNSGRUPPE: Helga

Detaljer

Vurdering som en del av lærerens undervisningspraksis

Vurdering som en del av lærerens undervisningspraksis Arbeidet i lærergruppene: Vurdering som en del av lærerens undervisningspraksis Til modul 3 er det i tillegg til heftet Vurdering for læring utarbeidet en egen modultekst som går mer spesifikt inn på hvordan

Detaljer

I klasserommet KLASSEROMSFORSKNING

I klasserommet KLASSEROMSFORSKNING I klasserommet av peder haug I denne artikkelen går Peder Haug i detalj inn på korleis aktiviteten i skulen varierer med tid og fag. Resultata tyder på at det faglege læringstrykket er moderat. Det kan

Detaljer

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Retningslinjer og Rutineskildring Oktober 2015 INNHALD Innleiing... 2 Lovgrunnlag... 3 Opplæringslova... 3 Elevane sitt fysiske skulemiljø...

Detaljer

Saman eller singel? Informasjonsmøte om kommunereformen: intensjonsavtalen, Giske aleine etter 2020, folkerøysting, framdriftsplan.

Saman eller singel? Informasjonsmøte om kommunereformen: intensjonsavtalen, Giske aleine etter 2020, folkerøysting, framdriftsplan. Saman eller singel? Informasjonsmøte om kommunereformen: intensjonsavtalen, Giske aleine etter 2020, folkerøysting, framdriftsplan. Program for kvelden Velkomen og orientering om kvelden Kvifor ein kommunereform

Detaljer

Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008

Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008 Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008 V/Eli Moe, UiB, april 2009 I rapporten har vi prøvd å gi opplysningar om dei nasjonale prøvane i engelsk lesing 2008, både for

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg? Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg? Litt om denne økta Intro og litt om tankane bak dette møtet Kva er stoda i dei ulike kommunane Moglege kommunemodellar i vårt

Detaljer

Leiing- Nøkkelen til betre helse- og omsorgstenester Flora som døme. Jan Helge Dale Kommuneoverlege

Leiing- Nøkkelen til betre helse- og omsorgstenester Flora som døme. Jan Helge Dale Kommuneoverlege Leiing- Nøkkelen til betre helse- og omsorgstenester Flora som døme Jan Helge Dale Kommuneoverlege Leiartema som eg ynskjer belyse Starte i god tid styre eller stritte imot Vere førebudd Starte med det

Detaljer

gjere greie for sentrale trekk ved tidsepoken mellomalder i Europa og diskutere grunnar til denne tidsinndelinga

gjere greie for sentrale trekk ved tidsepoken mellomalder i Europa og diskutere grunnar til denne tidsinndelinga ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG 6. TRINN HAUGE OG HÅLAND SKOLER pr 19/3-14 Periode Emne Kompetansemål Læringsmål Uke 34-45 Midgard 6: Vikingtida s 94 119 Midgard 6: Middelalderen i Norge s 120 141 Uke 46-48 Europa

Detaljer

Teknologi og fargar RGB

Teknologi og fargar RGB 1 Teknologi og fargar RGB RGB står for fargane raud, grøn og blå. Det er desse fargane som kan visast på ein fargeskjerm. I dette heftet skal du læra meir om korleis matematikk er eit verktøy i bruk av

Detaljer

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule Utviklingsplan 2013-14 Bremnes Ungdomsskule GRUNNGJEVING FOR VAL AV SATSINGSOMRÅDE Det faglege fokuset for kommande periode er konsentrert om to område, VFL og faget matematikk. BUS vart med i 3. fase

Detaljer

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane, 1 2010 Innhald Innleiing s. 3 I barnehagane s. 4 I grunnskulane s. 9 I dei vidaregåande skulane

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE NISSEDAL KOMMUNE Vedtekter for barnehagane vedteke i k-sak 16/16 VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I NISSEDAL KOMMUNE 1. Eigar og driftsforhold. Nissedal kommune eig og driv Treungen

Detaljer

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN GENERELT Det er med fylkeskommunen som med ei privat hushaldning, at vi kan ikkje bruke meir enn vi har pengar til å betale med. Ei forsvarleg økonomistyring i fylkeskommunen

Detaljer

Strategiplan for kompetanseutvikling i grunnskulen i Norddal kommune 2005 2008. Handlingsplan 2008

Strategiplan for kompetanseutvikling i grunnskulen i Norddal kommune 2005 2008. Handlingsplan 2008 Strategiplan for kompetanseutvikling i grunnskulen i Norddal kommune 2005 2008 Handlingsplan 2008 Bakgrunn Nasjonale og internasjonale kvalitetsundersøkingar har vist at det er mykje bra i norsk skule,

Detaljer

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2019/2185-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 12.03.2019 Uttale - Høyring forslag til endring i

Detaljer

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune. Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune. Fire skular var i perioden januar 2012 t.o.m. juni 2013 med i Utdanningsdirektoratet si satsing Vurdering for Læring (VfL). Målsetjinga var utvikling av ein vurderingskultur

Detaljer

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når: Prosessplan for arbeidet med standarden Sett inn einingsnamn her Standard: Tilpassa opplæring og tidleg innsats Sist oppdatert: 15.09.2014 Sjå nedst for rettleiing utfylling og frist for innsending. For

Detaljer

NAV Arbeidslivssenter. Hjelp til å redusere sjukefråværet, styrkje jobbnærværet og betre arbeidsmiljøet

NAV Arbeidslivssenter. Hjelp til å redusere sjukefråværet, styrkje jobbnærværet og betre arbeidsmiljøet NAV Arbeidslivssenter Hjelp til å redusere sjukefråværet, styrkje jobbnærværet og betre arbeidsmiljøet Din samarbeidspartnar for eit inkluderande arbeidsliv NAV Arbeidslivssenter finst i alle fylke og

Detaljer

Leiing i barnehagen. Forventningar til styraren

Leiing i barnehagen. Forventningar til styraren Leiing i barnehagen Forventningar til styraren Innleiing Styraren har ansvar for å leie utviklingsprosessar for personalgruppa i barnehagen, slik at barnehagen kan gi eit kvalitativt godt tilbod til kvart

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato 31.10.07 Driftsstyret Kommunestyret

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato 31.10.07 Driftsstyret Kommunestyret VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Kjellfrid Hovdenakk Arkivsak nr.: 2007/1581 Arkivkode: F40 Utvalsaksnr Utval Møtedato 31.10.07 Driftsstyret Kommunestyret EVALUERING AV RESSURSBRUKEN I BARNEVERNET

Detaljer

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN TILSYN MED TIME KOMMUNE TIDSPUNKT: 25. Mai 2010 Vår ref: 10/4790 KOMMUNENS ADRESSE: RÅDHUSET, Arne Garborgsveg 30, Postboks 38, 4349 Bryne KOMMUNENR: 1121 TILSYNSGRUPPE:

Detaljer

SAMARBEID HEIM OG SKULE

SAMARBEID HEIM OG SKULE SAMARBEID HEIM OG SKULE SLIK GJER ME DET PÅ VÅGEN SKULE Gjeld frå 30.08.2010 1 SAMARBEID HEIM- SKULE For å få skuletilbodet best mogeleg for elevane, ynskjer me å ha eit godt samarbeid mellom heim og skule.

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS) Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2012/1597-12483/2013 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: 04.06.2013 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 30/13 Ungdommens kommunestyre 11.06.2013 72/13 Kommunestyret 20.06.2013

Detaljer

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE Arkivref: 2011/1036-18202/2011 Saksh.: Kari Nygard Saksframlegg Saksnr Utval Møtedato Kommunestyret RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE Innstilling:

Detaljer

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Vurdering på barnesteget. No gjeld det Vurdering på barnesteget No gjeld det 2 No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Denne brosjyren gjev

Detaljer

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 HANDLINGSPLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING 2012 Premissar. Det vart gjennomført ei grundig kompetansekartlegging i heile grunnskulen i Herøy hausten 07. Kritisk

Detaljer

Skredproblem i varslingsregion Sunnmøre

Skredproblem i varslingsregion Sunnmøre Skredproblem i varslingsregion Sunnmøre Statistikk frå varsom.no og Regobs.no 2012-2015 Informasjon frå spørjeundersøking hausten 2015 Skredkonferansen 2015 Christer Lundberg Nes Presentasjonen Skredproblem

Detaljer