Informasjon til foreldre/føresette for elevar ved Sygna vidaregåande skule

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Informasjon til foreldre/føresette for elevar ved Sygna vidaregåande skule"

Transkript

1 Informasjon til foreldre/føresette for elevar ved Sygna vidaregåande skule 2014/2015

2 Kjære foreldre/føresette! Balestrand, våren 2014 Det nærmar seg eit nytt skuleår. Sjølv om inneverande år ikkje er heilt avslutta har vi kome langt i førebuinga av neste år. I dette brevet ønskjer vi å gje dykk som foreldre/føresette informasjon som vi trur kan vere til hjelp når de nå skal sende ein elev til oss. Alle elevane får i desse dagar også eit brev frå oss med stort sett den same informasjonen. I tillegg inneheld eleven sitt brev m.a. husleigekontrakt/kontrakt for heimebuarar og eit skjema som foreldre/føresette skal fylle ut og returnerer til skulen. Dersom eleven sine foreldre/føresette bur på ulik adresse sender vi dette brevet til begge, men vi ønskjer berre eitt svar pr. elev. Skulestart Første skuledag er laurdag 16. august. Programmet denne dagen vert slik: Kl (ca): Skjeldestad Libris frå Sogndal vert her og sel aktuelle bøker og skuleutstyr på klasserom 11. Dei tek kun kontant betaling eller kort. Kl 15.30: Samling klassevis med kontaktlærar. Foreldre/føresette til elevar i Vg1 og Vg2 er velkomne til å delta. Informasjonen vert likevel retta mest mot elevane. (rom: sjå oppslag) Kl 17.00: Opningssamling i Belehalli (idrettshallen like ved Sygna), med m.a. orientering, presentasjon av personalet, andakt og song Kl (ca): Servering i økobygget Kl (ca): Sosial samling med kaffi i økobygget På oppslagstavla ved inngangen på skulebygget vil ein finne klasselister, timeplanar og andre opplysningar. Når kan ein kome og kva bør eleven ha med seg? Elevar som skal bu i internata kan få tildelt rom frå og med fredag ettermiddag, 15. august. Dessverre kan ingen flytte inn før kl denne dagen. Elevar som har spesielle ønskje når det gjeld plassering på rom (enkeltrom/dobbeltrom/dele rom/bad med nokon spesielle), kan gje oss skriftleg melding om dette innan 18. juli, dersom han/ho ikkje har gjort det allereie. Vi vil prøve å innfri ønskja så langt det let seg gjere, men vi kan ikkje love at alle får førsteønskjet sitt. Dei som skal bu i internatet må ha med sengetøy, dvs dyne, pute og fleire sett sengeklede. Det er ein stor fordel at tøyet er merka. Vi tilrår også å ta med: skittentøykorg, bosskorg, vaskemiddel til tøyvask og ei bordlampe. På rommet står det seng, skrivebord, stol, klesskap og bokhylle. Store møblar utover dette er det dessverre ikkje plass til. Derimot kan ein gjerne ta med småting til pynt og hygge. Ein bør óg ta med sovepose og liggjeunderlag til ekskursjonar og turar, samt klede til kortare turar i naturen. Ta også med litt sjukeutstyr som plaster, termometer og tablettar, til dømes paracet. Det er strenge reglar og rutinar for kva medisin skulen har lov til å dele ut. Alle internata har eit minikjøken med kokeplater, vasskokar og kjøleskap/frys. Det kan difor vere lurt å ta med koppar, fat og bestikk for å kunne gjere seg nytte av dette. Kvitevarer som kjøleskap, mikrobølgjeomn og vasskokar skal elevane ikkje ta med. Elevane skal heller ikkje ha med eigne varmeomnar, då romtemperaturen vert styrt sentralt og kan justerast ved behov på det einskilde rommet. Sjå også leigekontrakten.

3 Vi har akkurat starta oppussing av bada på internata 1 til 6. Arbeidsfolka tek bad for bad og vi ser at det blir veldig bra. I tillegg skal etterkvart internatkjøkkena på desse internata pussast opp. Feriar/langhelger I feriane har vi ikkje tilsyn i internata, og i følgje branninstruksen kan ikkje elevar bu i internatet dei periodane. Alle elevane må difor reise frå skulen i haustferie, langhelga i oktober, juleferie, vinterferie, påskeferie og sommarferie. I andre langhelger har vi tilsyn og elevane kan bli buande i internatet. Skuleruta ligg på Sygna si nettside. Besøk Vi har dessverre ikkje gjesterom, så vi tilrår at gjester bestiller overnatting i bygda, til dømes Sjøtun Camping, tlf , Midtnes hotell, tlf eller Thuegården, tlf I opningshelga kan alle som fylgjer elevar ete all mat, også frukost, gratis på Sygna. Slekt og vener er sjølvsagt velkomne på besøk også elles i året. Føresette og søsken under 16 år bur og et gratis inntil 3 døgn om gongen. Andre betaler for måltida dei et. Når «din elev» har blitt kjent med andre på Sygna byr oftast heller ikkje overnatting på problem. Mange avtaler nemleg å flytte inn til medelev, slik at besøket kan nytte verten sitt rom. Dersom ein elev ønskjer å ha besøk i meir enn tre døgn, må han/ho søkje om dette til internatleiar i god tid før besøket har tenkt å kome. Då betaler alle ein fast døgnpris frå og med fjerde døgnet. Døgnprisen inkluderer då overnattinga og måltida. Lærebøker/læremiddel: Vi kjøper inn dei aller fleste bøkene, og elevane får låne dei frå skulen medan dei er elevar her. Dette gjeld ikkje skrivebøker, ordbøker, tabellar, arbeidsbøker med innfyllingsoppgåver og kalkulator. Vi legg ut boklistene i løpet av juni på Sygna si nettside, under skule og info elevar 14/15. Her finn ein informasjon om kva bøker som vert lånte ut frå skulen og kva bøker eleven sjølv må kjøpe. Bokhandlar Skjeldestad Libris frå Sogndal vil vere på skulen og selje det meste av bøkene og utstyret du treng på opningslaurdagen mellom kl (ca). Elevar som skal starte i Vg1 studiespesialisering med formgjevingsfag må i tillegg bestille materiellpakke (sjå vedlagd informasjon). Statens lånekasse for utdanning tildeler utstyrsstipend. Sjå meir informasjon under avsnittet «Stipend frå Lånekassen». Berbar datamaskin: Alle elevar skal ha berbar datamaskin. Dette skreiv vi også litt om i inntaksbrevet. Elevane har fått velje om dei ønskjer datamaskin gjennom skulen, eller om dei tek ansvar for å kjøpe maskin sjølv. Ordninga er slik: Dersom ein låner PC av skulen, vil dette koste ca 930,- pr år. Summen svarar til lågaste sats for utstyrstipend frå Lånekassen. Etter 3 år eig eleven PC-en. Skulen har nå kjøpt inn maskinar til alle som har kryssa av for at dei vil låne maskin. Elevane som skal låne datamaskin, vil få den utlevert første veka og samstundes underteikne ein lånekontrakt som set betingelsane for bruken av han. Vi kjem til å krevje at alle som brukar datamaskin på det trådlause nettverket vårt har eit kontinuerleg oppdatert antivirusprogram. Fastlegeordninga Vi tilrår at elevane skiftar til fastlege i Balestrand. Elevar som ikkje har fastlege her har berre rett på akutt hjelp hjå kommunelegen i Balestrand. Det betyr at det kan ta fleire dagar å få kome til lege dersom det ikkje hastar. Eleven kan enkelt skifte attende til heimelegen når han/ho er ferdig på Sygna.

4 Ein kan skifte fastlege ved å gå inn på denne adressa: Skulehelsetenesta ved helsesøster er tilgjengeleg på skulen ein gong i veka. Røyk- og snusfri skule På Sygna har vi røykfri skuledag, og frå hausten 2014 også snusfri skuledag. Det betyr at det er forbode å røyke/snuse i skuletida. Utanom skuletida har vi tre røykeplassar. Økonomi 2014/15: Skulepengar og kost/losji: sjå nettsida til Sygna: Elevar som ikkje bur i internatet kan ta med mat/drikke sjølv eller inngå avtale om lunsj, evt. berre drikke i lunsjen, alle skuledagar. Sjå prisar på kontrakten for heimebuarar. Skuleåret er på 10 månader og innbetalingane skjer i månadane f.o.m. august t.o.m. mai. Innmeldingspengane på kr 1.000,- bli trekte frå med kr 100,- pr månad. Sygna tilbyr betaling med avtalegiro, og ser helst at alle bruker dette. Vedlagde avtale må returnerast til Sygna. Det er viktig at den som signerer avtalen disponerer kontoen det skal betalast frå. Dersom du har avtale med Sygna frå før så er det viktig å merke seg at ein ny avtale må fyllast ut dersom det er endringar på td. namn eller kontonummer. Det kan også vere lurt å sjekke beløpsgrensa ved overgang til nytt skuleår med nye prisar. Dersom avtalen er i orden til skulestart vil også augustfaktura kunne trekkast på avtalegiro. Av erfaring veit vi likevel at det kan ta tid får alt er på plass så vi oppmodar alle om å sjekke at august faktisk vert trekt frå konto. Det vert sendt ut mail med vedlagt faktura også ved avtalegiro. I dei tilfella er faktura merka med avtalegiro. Ved mottak av romnøkkel må eleven betale kr i depositum. Ved eventuelt tap av nøkkel, skadeverk på rom og møblar/utstyr, mangelfull nedvask eller unnlating av å utføre fellesoppgåver, kan heile eller delar av depositumet bli halde attende når eleven forlet skulen ved skuleslutt. (Dette er altså ikkje den same 1000-lappen du betalte som innmeldingspengar då du tok i mot skulepassen.) For å halde nede kostpengane har vi ei ordning der internatelevane etter tur tek del i oppvasken etter måltida og fellesvask av internat. Om nokon melder seg ut av fellesskapen ved å ikkje gjere pliktene sine, blir dette handsama som disiplinærsak. Stipend frå Lånekassen Elevar får utstyrsstipend frå Lånekassen. Dette stipendet får ein uavhengig av foreldreinntekt. Når ein elev søkjer stipend sjekkar Lånekassen automatisk om eleven også har rett til andre stipend, som for eksempel grunnstipend eller bustipend. Eleven søkjer stipend på lanekassen.no. Bruk søknaden for vidaregåande opplæring. Statens lånekasse for utdanning opnar sidene sine for søking ein gong kring juni/juli. Når eleven har søkt digitalt på deira sider får Sygna melding om dette. Vi går då inn og stadfestar at han/ho har takka ja til skuleplass på Sygna. Deretter vil eleven motta eit tildelingsbrev som vert sendt til heimeadressa. Dette skal underteiknast av både elev og føresette for alle under 18 år. Les meir om stipend og lån på lanekassen.no. Kontakt til foreldre/føresette gjennom skuleåret: Då eleven sende inn svararket for skuleplass skulle han/ho oppgje namn, adresse, mobilnummer og mailadresse til begge foreldra/føresette. Opplysningane på svararket er utgangspunkt for Sygna sin

5 kontakt med føresette/foreldre. Dersom det er endringar etter at dette vart fylt ut kan de skrive nye opplysningar på skjemaet de som foreldre skal fylle ut (vert sendt saman med eleven sitt sommarbrev). Når skulen skal ut med informasjon som må sendast med vanleg postgang nyttar vi følgjande prosedyre: Når eleven har oppgitt at foreldre/føresette bur på same adresse sender vi eitt brev. Dersom foreldre/føresette står oppgitt med ulik adresse sender vi til begge. Det meste av informasjon frå skule vert berre sendt på mail. Då vert det sendt til begge si mailadresse. Den som signerer husleigekontrakten eller kontrakt for heimebuarar er økonomisk ansvarleg. På kontrakten skal det også skrivast inn kva mailadresse ein skal nytte for faktura. Det betyr at faktura berre blir sendt til èin av foreldra/føresette. Vi ønskjer alltid god kontakt til føresette/foreldre. Som eit ledd i å opprette god dialog skal alle kontaktlærarar til umyndige elevar ringe føresette seinast til haustferien. Vi håper at dette kan bidra til ein samtale kring eleven sin trivsel og utvikling. I tillegg vert alle inviterte til foreldremøte og samtale med kontaktlærar og eventuelt faglærarar. Dette foreldremøtet vert lagt til same dag som vi har haustfest på Sygna, laurdag 18. oktober. Sygna har også valt å opprette eit foreldreutval. Frå hausten har utvalet berre èin forelder. Det er Gudrun Kjartansdottir som er mor til ein elev som startar på Vg3 til hausten. Vi håper å få valt to nye representantar tidleg i haust. Gjennom dette informasjonsheftet håper vi du har fått svar på ein del spørsmål. Lurer du på andre ting, er det berre å ta kontakt. I juli månad har vi ferieavvikling, men vi kan alltid nåast på mail. Dette sommarbrevet og alle vedlegga som er sende saman med eleven sitt sommarbrev blir også lagde ut på Sygna si nettside Oppsummert minner vi om at de innan 18. juli skal sende følgjande til skulen: - Svarskjema for foreldre/føresette (umyndige elevar) - Kontrakt (enten leigekontrakt eller kontrakt for heimebuarar) - Ynskje om rom (viss eleven ikkje har sendt det inn før, evt skrive alternativ på søknadsskjemaet) - Eventuelt avtalen om avtalegiro - Eventuelt bestilling av forgjevingsutstyr (gjeld elevar på Studiespesialisering med formgjevingsfag) God ferie! Beste helsing Joakim Hector - Rektor -

Velkommen tilbake til Sygna i august :-)

Velkommen tilbake til Sygna i august :-) Velkommen tilbake til Sygna i august :-) Informasjon til skulestart 2015 Kjære Sygnaelev! Balestrand, våren 2015 Vi er veldig glade for at du har valt å halde fram på Sygna til hausten! I dette brevet

Detaljer

Velkommen tilbake til Sygna i august :-)

Velkommen tilbake til Sygna i august :-) Velkommen tilbake til Sygna i august :-) Informasjon til skulestart 2014 Kjære Sygnaelev! Balestrand, våren 2014 Vi er veldig glade for at du har valt å halde fram på Sygna til hausten! I dette brevet

Detaljer

Velkommen tilbake til Sygna i august

Velkommen tilbake til Sygna i august Velkommen tilbake til Sygna i august Informasjon til skulestart 2016 Kjære Sygnaelev! Balestrand, våren 2016 Vi er veldig glade for at du har valt å halde fram på Sygna til hausten! I dette brevet vil

Detaljer

Velkommen tilbake til Sygna i august

Velkommen tilbake til Sygna i august Velkommen tilbake til Sygna i august Informasjon til skulestart 2017 Kjære Sygnaelev! Balestrand, våren 2017 Vi er veldig glade for at du har valt å halde fram på Sygna til hausten! I dette brevet vil

Detaljer

Velkommen til Sygna vidaregåande skule

Velkommen til Sygna vidaregåande skule Velkommen til Sygna vidaregåande skule Informasjon til skulestart 2016 Kjære Sygnaelev! Balestrand, våren 2016 Vi er veldig glade for at du valde Sygna som skule til hausten! No er det snart sommarferie,

Detaljer

Velkommen til Sygna vidaregåande skule

Velkommen til Sygna vidaregåande skule Velkommen til Sygna vidaregåande skule Informasjon til skulestart 2017 Kjære Sygnaelev! Balestrand, våren 2017 Vi er veldig glade for at du valde Sygna som skule til hausten! No er det snart sommarferie,

Detaljer

Informasjon til foreldre/føresette for elevar ved Sygna vidaregåande skule

Informasjon til foreldre/føresette for elevar ved Sygna vidaregåande skule Informasjon til foreldre/føresette for elevar ved Sygna vidaregåande skule 2016/2017 Kjære foreldre/føresette! Balestrand, våren 2016 Det nærmar seg eit nytt skuleår. Sjølv om inneverande år ikkje er heilt

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

SFO BØ SKULE SKULEÅRET 2014-2015.

SFO BØ SKULE SKULEÅRET 2014-2015. SFO BØ SKULE SKULEÅRET 2014-2015. BØ SKULE Rektor: Gyrid Kvaale tlf: 35059452 Sentralbord: Gunn Berit Sønstebø tlf: 35059450 SFO leiar: Liv Bente V. Øygarden tlf: 35059473 MEDARBEIDARAR PÅ SFO SKULEÅRET

Detaljer

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING A. Førebyggjande arbeid i skuletida 1. Elevsamtaler 2. Klassemøter 3. Sjå ulike videoar om mobbing v/skulehelsesyster 4. Lese bøker om emnet 5. Turar med ei eller fleire

Detaljer

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014. ÅRSPLAN SFO Fusa oppvekstsenter INNHOLD Innleiing Foreldresamarbeid Pedagogikken i SFO Målsetting for SFO Aktiviteter inne/ute Oversikt over aktivitetar hausten 2014 Dagsrytme Info Innleiing Årsplan skal

Detaljer

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her

Detaljer

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt. INFORMASJON FRÅ A Å Barnehageåret: går frå 2. helga i august Betaling: de får tilsendt faktura den 1. i kvar månad med 14 dagars betlingsfrist. Uteblir betalinga, vil de få brev frå økonomiavdelinga om

Detaljer

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

SAMARBEID HEIM OG SKULE

SAMARBEID HEIM OG SKULE SAMARBEID HEIM OG SKULE SLIK GJER ME DET PÅ VÅGEN SKULE Gjeld frå 30.08.2010 1 SAMARBEID HEIM- SKULE For å få skuletilbodet best mogeleg for elevane, ynskjer me å ha eit godt samarbeid mellom heim og skule.

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR 2013. Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR 2013. Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2 Interkommunalt IKT-samarbeid Balestrand, Leikanger, Luster og Sogndal Vår ref 10/3794-29 Eining/avd/saksh. REGIKT//CARNYB Arkiv Dykkar ref Dato 28.11.2012 ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR 2013 Innhald Kva har

Detaljer

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN Kva er PC-ordninga? PC-ordninga kjem frå at alle elevar ved dei vidaregåande skulane skal ha kvar sin berbare PC, til bruk i undervisninga. PC-ordninga går ut på at

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

Stemnehandboka for NKSF

Stemnehandboka for NKSF Stemnehandboka for NKSF I 2003 vart det bestemt å ha ei rulleringsliste for songarstemne 3 plassar kvart år, eit i Nordfjord, eit i Sunnfjord og eit i Sogn alle kor kan arrangere sjølv om dei er store

Detaljer

Plan for Liabygda SFO

Plan for Liabygda SFO Plan for Liabygda SFO Generelt: Liabygda SFO er ein del av den kommunale skulefritidsordninga i Stranda kommune. Liabygda SFO er underlagt dei vedtekne kommunale retningsliner for skulefritidsordningane.

Detaljer

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan Månadsbrev september 2014 VESLEFRIKK Tida fyk fort og allereie er det godt ut i september. Denne fyrste tida har det vore mykje leik både ute og inne. Det har vore lagt opp til at barna skal få skapa gode

Detaljer

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206348-10 Arkivnr. 545 Saksh. Isdal, Sigrid Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 09.04.2013

Detaljer

10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013

10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 INTERNT NOTAT MASFJORDEN KOMMUNE «SSE_NAVN» Til: Kommunestyret Frå: Alf Strand Dok. ref. Dato: 10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 Vedtekter for barnehagane i Masfjorden Vedlagt følgjer reviderte vedtekter

Detaljer

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune Vedteke i Kommunestyret 12.05.2016 K-sak 36/16 1. Eigar Hemsedal kommune er eigar og ansvarleg for drifta av skulefritidsordningane (SFO) ved Tuv og

Detaljer

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk Søk regionale miljøtilskudd elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne folderen er det ei skildring av korleis

Detaljer

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar. Opningstid SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar. SFO tek til kl.07.00-08.20 (utetid-08.30) og etter skuletid kl. 13.15/14.00 og 12.00-16.30. SFO har ope 190

Detaljer

Plan for overgangar. for barn og unge

Plan for overgangar. for barn og unge Plan for overgangar for barn og unge Os 2011 Frå Kvalitetsplan oppvekst og kultur Mål Alle born og unge skal oppleva gode overgangar der ein sikrar kontinuitet og heilskap i opplæringa og oppfølginga.

Detaljer

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO Vi vil med dette ønske alle velkomen til vår skule/sfo. Vi ser fram til å verte kjent med dei nye barna som skal begynne på SFO, og håpar på eit godt samarbeid med dykk som

Detaljer

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR. INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR. Kva er ein støttekontakt/avlastar? Støttekontakten er ein person som gjev andre støtte og oppfølging på fritida. Tenesta skal vere tilpassa den enkelte, og målsettinga

Detaljer

Redusert eigendel elev-pc

Redusert eigendel elev-pc OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/3598-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 09.05.2017 Redusert eigendel elev-pc Samandrag Under

Detaljer

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018 Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018 INFORMASJON TIL FORELDRE/FØRESETTE: Først og fremst: Me ønskjer alle barn og føresette velkommen til eit nytt skuleår! Me i SFO gler oss til å bli kjende med nye elevar,

Detaljer

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Ottar Bjørkedal Eid vgs Prosjekt "betre formidlingsprosess til opplæring i bedrift" av Ottar Bjørkedal Eid vgs Loen 05.11.08 Kven har delteke i prosjektet? Alle elevane som skal ut i lære, frå vg2 sal, service og tryggleik våren

Detaljer

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17)

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17) Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17) Innhald 1 Innleiing... 2 2 Satsingsområde... 2 3 Status 2014/15... 3 4 Innhald og tilbod... 4 5 Feriar... 4 6 Praktisk informasjon... 5 1 Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. MØTEINNKALLING Utval Komite for helse, omsorg, miljø Møtedato 04.12.2012 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Orienteringar: Barnevern Samhandlingsavdelinga Forfall skal meldast til telefon

Detaljer

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004. Vår ref. Dykkar ref. Dato: 03/1009-1/N-244//AGNH 23.07.2003 Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004. Vedlagt ligg søknadsskjema for treningstid ved Øystese Idrettshall for hausten 2003

Detaljer

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå 15.08.12 Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra Side 2 VEDTEKTER FOR KOMMUNALE SKOLEFRITIDSORDNINGER I AUKRA KOMMUNE. 1 Eigarforhold. Aukra

Detaljer

INFORMASJON om førestellinga:

INFORMASJON om førestellinga: BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE Juni/juli 2015 ************************************************************************************************************ Tema juni: Førestillinga Månadens song: Alle songane

Detaljer

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august http://www.ls2008.no Epost: stemnekontor@ls2008.no

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august http://www.ls2008.no Epost: stemnekontor@ls2008.no Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august http://www.ls2008.no Epost: stemnekontor@ls2008.no Dato: 27.03.2008 Til Alle skyttarlag i Det Frivillige Skyttervesen Velkommen til Landsskyttarstemne 2008

Detaljer

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing Kvalitetsplan mot mobbing Bryne ungdomsskule Januar 2016 Kvalitetsplan for Bryne ungdomsskule 1 Introduksjon av verksemda Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum i Time kommune. Me har om lag 450 elevar

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST... BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST... 2 KVEN KAN SØKJE/BRUKE DET ELEKTRONISKE SØKNADSSKJEMAET?... 3 STARTSIDE...

Detaljer

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start Generell Årsplan 2012-2015 Barnehageeininga Samnanger kommune Saman om ein god start 1 Organisering. Barnehageeininga har ein felles einingsleiar og styrar på kvar barnehage. Opptakskrins og plassering.

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD 1. Lovheimel Ordensreglementet er heimla i 1. Opplæringslova, 2-9: Kommunen skal gi forskrifter om ordensreglement for den enkelte grunnskolen. Reglementet skal

Detaljer

Årsplan for

Årsplan for Årsplan for 2015-2016 Fister SFO 1 Innholdsfortegnelse Aktivitetsplan... 3 Hausten 2015... 3 Aktivitetsplan... 4 Våren 2016... 4 Hovudmåla for SFO jamfør opplæringslova 13-7... 4 Målsetjing... 5 SFO tilbodet...

Detaljer

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME Kvalitetsplanen er eit overordna styringsdokument. Det vert utarbeidd lokale handlingsplanar og årshjul på skulane som konkretiserer innhald og form. Organisering

Detaljer

No blir. innført I denne brosjyren finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om fastlegeordninga. Dersom du framleis lurer på.

No blir. innført I denne brosjyren finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om fastlegeordninga. Dersom du framleis lurer på. Svarfrist: 1. mars No blir fastlegeordninga innført I denne brosjyren finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om fastlegeordninga. Dersom du framleis lurer på noko, får du meir informasjon på internett:

Detaljer

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET AD Travel Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET Oppbygging av brukarmanualen Oppbygging av brukarmanualen... 3 Pålogging og forklaring til hovudbilete... 4 Første

Detaljer

Orientering om jakt, fiske og hytteutleige på Suldal statsallmenning.

Orientering om jakt, fiske og hytteutleige på Suldal statsallmenning. SULDAL FJELLSTYRE Orientering om jakt, fiske og hytteutleige på Suldal statsallmenning. Suldal statsallmenning ligg i Dyraheio og er på 92 000 da. Ein liten del av allmenningen ligg i Breifonnområdet,

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette Velkomen til bestilling og betaling av skulemjølk på Internett! På www.skolemelk.no kan du enkelt melde barnet ditt / barna dine på abonnementsordninga for skulemjølk.

Detaljer

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte 4.7.2007

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte 4.7.2007 MØTEINNKALLING Utval: KONTROLLUTVALET Møtestad: Balestrand rådhus Møtedato: 20.09.2007 Tid: 0930 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Øystese barneskule April - 08

Øystese barneskule April - 08 Øystese barneskule April - 08 1 Innleiing: 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja helsa,

Detaljer

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Planen er administrativt vedteken og gjeldande frå 01.01.2013 Innleiing Bakgrunn for overgangsplanen Kunnskapsdepartementet tilrår at o Barnehagen vert avslutta

Detaljer

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE Sogndal kommune Utval: MØTEINNKALLING SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 02.06.2008 Tid: 1200-1400 Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter

Detaljer

Forbrukerrådets husleiekontrakt

Forbrukerrådets husleiekontrakt Om kontrakten Dette er Forbrukarrådet sin standardkontrakt for leige av bustad. På Forbrukerrådets hjemmeside finn de informasjon om reglar i husleigeforhold, skjema ved overtaking av bustad, og inventarliste

Detaljer

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg Brattholmen skulefritidsordning Nygårdsvegen 1 5350 Brattholmen Tlf: 55097504/98088134 E-post: liss.schumann@fjell.kommune.no S sosalisering og samspill F Fritid og felleskap O Omsorg SFO: SFO er eit fritidstilbod

Detaljer

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Fogn oppvekstsenter levande og lærande Post: Liane, 4164 Fogn Faktura: Finnøy Kommune, Rådhuset, 4160 Finnøy Referat frå møte i SU (Samarbeidsutvalet) ved Møtedato og stad: Tysdag 22. september kl. 18.00 på personalrommet. Desse møtte: Morten

Detaljer

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019 Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019 INFORMASJON TIL FORELDRE/FØRESETTE: Først og fremst: Me ønskjer alle barn og føresette velkommen til eit nytt skuleår! Me i SFO gler oss til å bli kjende med

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering

Detaljer

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. 1 Øystese barneskule Innleiing: September-2012 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja

Detaljer

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014 KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014 1 INTRODUKSJON AV VERKSEMDA Ågotnes skule ligg på Ågotnes, og er ein av seksten skular i Fjell kommune i Hordaland fylke. Skulen er ein middels stor barneskule om

Detaljer

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret 21.03.2006 Endra av formannskapet 27.01.2009

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret 21.03.2006 Endra av formannskapet 27.01.2009 Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret 21.03.2006 Endra av formannskapet 27.01.2009 Handboka 06.09 Kommunestyret har delegert ein del avgjerder til rådmannen, som har delegert vidare til

Detaljer

HORDALAND FYLKESKOMMUNE

HORDALAND FYLKESKOMMUNE HORDALAND FYLKESKOMMUNE 01.03.2010 Skyss REGLEMENT FOR TAKSTAR OG RABATTORDNINGAR FOR BUSS OG SNØGGBÅT I HORDALAND NYTT BILLETTSYSTEM Gjeldande frå 1. mars 2010 og inntil vidare 1. GENERELLE REGLAR Reglementet

Detaljer

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

SJØPOSTEN OKTOBER Hei! SJØPOSTEN OKTOBER 2012 Hei! Nå er me alt kome til oktober månad og me kan merke at hausten er her. Mange ulike ver typar gjere at barna får mange ulike opplevingar med ver og vind på godt og vondt. Haglbyer

Detaljer

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? FREDAG 21. SEPTEMBER 2012. Påmeldingsfrist 15. september.

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? FREDAG 21. SEPTEMBER 2012. Påmeldingsfrist 15. september. Fyresdal Ungdomsklubb Dalen Ungdomsklubb Inviterer deg til årets SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? FREDAG 21. SEPTEMBER 2012 Påmeldingsfrist 15. september. Kven kan delta? Alle frå 8. klasse til 18 år.

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

DEL I: REGLAR OVERORDNA: DEL I: REGLAR OVERORDNA: ALLE ELEVAR I GRUNNSKULEN OG VIDAREGÅANDE SKULE HAR RETT TIL EIT GODT FYSISK OG PSYKOSOSIALT MILJØ SOM FREMJAR HELSE,TRIVSEL OG LÆRING. 9a-3.ledd i Opplæringslova. 1.ÅTFERD: På

Detaljer

16. april 2015. Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

16. april 2015. Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver 16. april 2015 Kurs i matrikkelføring Adresseoppgåver Innhold Oppgåve A1 Opprett ny veg... 3 Oppgåve A2 Etablering av ny vegadresse... 4 Oppgåve A3 Omadressering av adresse... 7 Oppgåve A4 Endre vegadressedata...

Detaljer

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE Med retningsliner for fleksibel ferieavvikling i barnehagane. 1 1 Eigar Vestnes kommune eig og er ansvarleg for dei kommunale barnehagane. 2 Hovudramma

Detaljer

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av fast eiendom «som den er»

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av fast eiendom «som den er» Partar Kjøpar Namn: fødselsnr.: Namn: fødselsnr.: Adresse: Postnr/stad: E-post: Seljar Namn: fødselsnr.: Namn: fødselsnr.: Adresse: Postnr/stad: E-post: Side 1 av 8 Betaling Kjøpesum, kr med bokstavar

Detaljer

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s.

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 1 INNHALDSLISTE 1. Forord s. 2 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 6 3. Ein av foreldra/føresette eller syskjen

Detaljer

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011 Kristin Stray Jacobsen 1. FORMÅL Prosedyren skal sikre: - at den einskilte leiar følgjer opp sitt ansvar for eigenmelde/sjukmelde arbeidstakarar og arbeidstakarar under rehabilitering/attføring. - at arbeidstakarar

Detaljer

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol. VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 01.08.16 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar

Detaljer

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016 Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: Kvar dag 06.45 17.00 Kjøp av tid: Dersom det er ledig plass og nok vaksne,

Detaljer

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO. ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO. VELKOMMEN TIL ØYE SKULEFRITIDSORDNING Målsettingane vi arbeider etter i Øye SFO, bygger på ei fritidspedagogisk plattform. Den frie u leiken er viktig for oss, men

Detaljer

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod:

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod: Vedtekter for SFO Skulefritidsordninga er heimla i Opplæringslova 13-7. Vedtektene vart vart av Komitè for oppvekst, kultur og idrett i november 2010. Revidert mars 2014 1. Om skulefritidsordninga: - Skulefritidsordninga,

Detaljer

Lag riktige setningar

Lag riktige setningar Smittsomme sjukdommar Lag riktige setningar Set saman setningane slik at dei gir meining. Bakteriar og virus Når bakteriar og virus kjem inn i kroppen, Friske menneske har ein kroppstemperatur Når vi har

Detaljer

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje Vinje kommune Næringskontoret Ånund Åkre Granåsen 66 B 1362 HOSLE Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato THORCH 2011/2495 6636/2015 64/15 26.03.2015 Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist

Detaljer

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Austevoll kommune MØTEINNKALLING Austevoll kommune MØTEINNKALLING Utval: RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Møtedato: 03.06.2013 Kl. 15.00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 55 08 10 00 Offentleg

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE A TIL Å

INFORMASJONSHEFTE A TIL Å VELKOMMEN TIL BERGSLIA BARNEHAGE Lisjebøvegen 37 6090 Fosnavåg. Tlf: 70084636 / 48894143 INFORMASJONSHEFTE A TIL Å Dette er eit informasjonshefte til dykk som er ny i barnehagen. Her finn de praktiske

Detaljer

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE 2015-2016 INNHALD Innhald 2 Kort om skulefritidsordninga 3 Opningstider og tilbod i feriane 4 Påmeldingsfristar 5 Personalet ved SFO 6 Hovudmålsetjing 7 Dagsrytmen 8

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret 16.03.2011 REVIDERING AV SKYSSREGLEMENTET I MØRE OG ROMSDAL FYLKE - HØYRINGSUTTALE

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret 16.03.2011 REVIDERING AV SKYSSREGLEMENTET I MØRE OG ROMSDAL FYLKE - HØYRINGSUTTALE VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Per Ivar Kongsvik Arkivsak nr.: 2010/2206 Arkivkode: N06 Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret 16.03.2011 REVIDERING AV SKYSSREGLEMENTET I MØRE OG ROMSDAL FYLKE

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS) Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2012/1597-12483/2013 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: 04.06.2013 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 30/13 Ungdommens kommunestyre 11.06.2013 72/13 Kommunestyret 20.06.2013

Detaljer

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN!

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN! VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN! 2018 14-15 Den norske kyrkja i Vanylven Kyrkjekontoret tlf. 70022160 E-post: vanylven.kyrkjekontor@vanylven.kyrkja.no Har du nokon gong lurt på eit eller

Detaljer

Internasjonal vidaregåande skule

Internasjonal vidaregåande skule Internasjonal vidaregåande skule Tilbod om eit skuleår i utlandet Elevar som tek Vg1 på Studiespesialiserande utdanningsprogram i år, kan ta Vg2 i Skottland neste år. Møre og Romsdal fylkeskommune 1. Innleiing

Detaljer

Rettleiing. - utfylling av refusjonsskjema for faste praksisskular

Rettleiing. - utfylling av refusjonsskjema for faste praksisskular Rettleiing - utfylling av refusjonsskjema for faste praksisskular Reknearket for refusjon er å finne på: www.hisf.no For praksisfeltet (øvst i skjermbildet). Klikk vidare til Grunnskulelærarutdanning 1-7/5-10.

Detaljer

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne 14.11.2013

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne 14.11.2013 Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne 14.11.2013 Elevane sine rettar 1. Elevane skal ha påverknad på arbeidsmengd, undervisningsopplegg og innhald i vekeplan og halvårsplan. 2. Elevane skal ikkje ha

Detaljer

Til deg som går i 5.klasse!

Til deg som går i 5.klasse! Til deg som går i 5.klasse! Vil du vere med på noko spanande? 10.-11. november er du invitert til: LysVåken i Myrbostad kyrkja Her skal vi bli kjent i kyrkja, bli betre kjent med Gud som er grunnen til

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

SØKNAD OM SKJENKING AV ALKOHOLHALDIG DRIKK

SØKNAD OM SKJENKING AV ALKOHOLHALDIG DRIKK Lindås kommune Kvernhusmyrane 20 5914 ISDALSTØ SØKNAD OM SKJENKING AV ALKOHOLHALDIG DRIKK Søkjar (1) Namn: F.dato/org. nr Adresse: Telefonnr. Epost: : SØKNADEN GJELD SKJENKING FOR Gebyr kr. 290,- Det blir

Detaljer

INVITASJON til Etne Cup 2007

INVITASJON til Etne Cup 2007 INVITASJON til Etne Cup 2007 For 27. gong har Etne Idrettslag gleda av å innby til Etne Cup 22. 24. Juni 2007 Klasseinndeling Etne Cup 2007: Klasse Navn Født etter 1 Minigutt (5`er fotball) 1.1.1998 2

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for. Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar for Gimle skule 1 Lovverk Opplæringslova Føremålet med denne planen Rutinane skal

Detaljer

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen. Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen. All på melding til individuelle renn skjer via «Min idrett»: https://minidrett.nif.no/ Når det gjeld stafettar, er det Trude som må melda på. Send då melding

Detaljer

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Månadens tema;.«nysgjerrigper» - vann, trafikk Månadens sang: To dråper vann Sosial kompetanse; Vennskap Fagområde: natur, miljø og teknikk og nærmiljø

Detaljer

Informasjon til foreldre

Informasjon til foreldre Informasjon til foreldre Til deg/dykk som er nye foreldre ved Helland barnehage TILVENNING Det er viktig for oss at de opplever at den første tida i barnehagen går bra. Dette vil danne grunnlaget for at

Detaljer