Heimreisa. Oskar Braaten ( )

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Heimreisa. Oskar Braaten (1881 1939)"

Transkript

1 Oskar Braaten ( ) Heimreisa Det er på fabrikken i middagskvila. Nokre av jentene har slengt seg ned på golvet med ein tull under hovudet. Skal prøve få seg ein lur. Andre nokre av dei yngste flyg ville og kåte og leikar i gangane mellom maskinene. Eller stel seg inn på lageret til gutane. Og ein høyrer kvining og kåte skrik der innefrå. Bortved eit av vindauga står ei ung jente aleine. Ho ser kringom seg, om nokon er i nærleiken. Så opnar ho stilt glaset og stikk hovudet ut. Og ho drikk i seg den friske vårlufta. Å nei, å nei, for eit fint vêr det er i dag! Sola steikjer som på ein sommardag, og himmelen er blå og høg. Jenta legg hendene på murveggen utanfor. Let dei baka seg i sol. Murveggen er så god og varm. Der nedunder stryk Akerselva framom, grå og skiten etter fabrikkane, men idug og arbeidsfrisk. Ho har enno mangt eit tungt tak å ta på vegen nedetter, før ho kan få kvile. Det ligg fleire fabrikkar nedanfor. Dei to trea ned i «hagan» til fabrikkstyraren har fått grøne knuppar på dei tørre greinene. Og nokre fattige grasstrå har våga seg opp kringved røtene. Men det er ikkje berre dette jenta ser på. Ho ser mykje, mykje lenger. Biletet av ein trong dal stig fram for henne, biletet av ei lita grå stove som ligg og bakar seg i sol. Og biletet av ei fossande elv, litt klårare enn Akerselva, og biletet av ein grøn skog med tre som er litt meir lubne enn dei som står der nede. Ho prøver å halde biletet av denne stova fast. Ho prøver gå inn der og sjå seg kring i rommet, prøver å helse på kjære andlet og kjende ting, men det er så vrangt. Den kåte jentelåtten der innefrå borar seg inn mellom bileta, dreg vekk stova og skogen og elva og dei grøne slettene. Og jenta vaknar og ser at ho stirer ut over skitne hustak. Da dreg ho glaset att og går bort til maskina si. Klokka er visst straks to. Ho gjer arbeidet sitt den eftan som elles. Stanar maskina og skøyter, når trådar ryk ay. Tar dei fulle snellene av og set dei tomme på, når det skal gjerast. Det går sin gang som det skal gå. Men det er slik ei likesæle over arbeidet. Ho er ikkje med. Heile hennar hug er langt borte frå alt som heiter spinneri og bomullstråd. Ho Lina som har maskina ved sida, går og ser på jenta. Eit par gonger kastar ho nokre ord over til ho, men får ikkje svar. Da luskar Lina seg frå maskina si og går bort til ho: Å er det i veien med deg i dag, Helga? Du er så rar! Men Helga svarar ikkje. Da legg Lina handa på armen hennar: Er det våren som er kommen på deg, jente? Har du den ria nå igjen? Bry deg ikke med å sture, Helga! Å har du med vår og sol å gjøra? Skjeller det deg enten det er sommer eller vinter? Står du ikke trygt og godt her inne, enten så snøen fyker gjennom gatene, eller sola steiker på gatesteinen? Å har du med sola? Opp med nesa di, jente, og tenk på no morosamt! Men desse kloke orda bit ikkje. Ho Helga lysnar ikkje i synet. Ho snur seg berre litt og ser ned: Jeg reiser hjem att! seier ho. Det går ein liten smil over andletet hennar Lina: User User Side 1 av 5

2 Ja så! seier ho. Gjør du det, nå! Ja, ja, jenta mi. Reis du. Men fort deg før det blir for seint! Helga ser på henne: Å mener du? Lina smiler ikkje lenger: Jeg reiste hjem jeg òg en gang, ser du. Reiste hjem på landet hver evige vår. Når dagene lysna, og lufta blei mild, og sola steig på himmelen, da gjorde jeg meg ferdig til reisa! Og jeg reiste! Jo da tankene mine reiste. Sjøl kom jeg aldri lenger enn hit på spinneriet. Og slik vil det gå med deg òg. Du har reist hver vår i de tre åra du har vært i byen. Du «reiste» i fjor, du «reiser» i år. Og du kommer nok til å «reise» neste år, og våren deretter, og mange, mange ganger seinere. Men likevel blir du gåande her. Du gror fastere og fastere for hver dag og hvert år. Og en dag langt, langt inn i framtida, når mange år er gått, og håret ditt er gråna, da kan våren komma! Da reiser du ikke! He, he! For da ser du hverken sol eller sommer! Og da er du berga! Helga ser kvast på henne: Slik skal det ikke gå med meg! seier ho. Aldri i evighet! Jeg skal hjem! Om no'n få veker reiser jeg. Jeg skal leva så billig, så billig, jeg skal spara penger hver eneste dag. Og når sommeren kommer for alvor, da er jeg langt vekk! Ja, for jeg holder det ikke ut her i byen! Jeg vil hjem! Ja, ja, seier ho Lina. Bare reis du, jenta mi! Men ta nå vare på arbeidet ditt. Der nede rauk det en tråd. II Det er ein fin sommarkveld eit par månader etter. Ein gut og ei jente dreg seg smått oppetter gata. Dei er sture båe seier ingenting. Dei går langt oppetter. Svingar bort frå gata og over eit jorde. Og dei kjem til ei løkke med grønt gras og slengjer seg ned der. Det er folksamt kringom på alle kantar. Folk er ute og skal få seg litt luft etter den heite dagen. Eit stykke ifrå ligg nokre karar og spelar kort og bannar. På den andre sida sit ein flokk unge jenter og ståkar og kvin i fryd over livet. Og frå ein haug langt borte læt dårande tonar frå eit trekkspel. Men dei to sit tagale. Han let auga svive nedover mot byen, mot elva og fabrikkane. Ho har funne seg nokre blomar og sit og puslar med dei i fanget. Berre ein sjeldan gong lyfter ho auga mot andletet hans. Han er så rar i kveld. Har visst noko på hjartet. Tida går og klokka vert mange. Og jenta vert uroleg: Det er best å komma seg hjem! seier ho. En blir så trøtt om morran. Han dreg auga til seg: Å, det har vel ikke slik hast! seier han. Du har da ofte vært ute seinere. Så snur han seg mot henne og vert varm i målet: Har du tenkt over det du veit nå, Helga? Vil du det som jeg bad deg om? Ho sit og bit på eit strå. Svarar ikkje. Han held fram: Eller kanskje du ikke tør? Kanskje du er redd jeg skal pine livet tur deg? Ho ser han inn i auga for første gong i kveld: Å, du veit godt det ikke er det, Edvart. Du ville bli snill mot meg, det veit jeg! Men jeg kan ikke, hører du! Han smiler beiskt. Du kan ikke, sier du! Nei, nei! Det er inga råd med det. Du har vel andre du tenker på. Og jeg vil ikke legge meg i veien for verken han Hurra-Nils eller han Svenske-Petter! Han vil reise seg, men Helga held på han: Ikke gå ennå! bed ho. Du skal'ke snakke så stygt! Du veit jeg bryr meg ingenting om dom andre gutta. Men jeg vil ikke gifte meg her i User User Side 2 av 5

3 byen, har jeg sagt deg. Til våren reiser jeg hjem og blir hjemme. Jeg kommer aldri til byen mer, for her orker jeg ikke å leva! Han ser på henne, granskande: Har du no'n som venter deg hjemme, kanskje? Ho svarar ikkje med same. Desse orda gir henne noko å tenkje på. Ho leitar fram minne frå gamle dagar. Og mellom dei kjem det fram ein lyshåra gut der heime. Ein som hadde ått tankane hennar for mange år sidan. Ho slepper armen ho held i: Om så var? Står jeg no'n til regnskap? Han ris opp, og no er det ingen som held att: Nei, seier han, nei, det gjør du ikke. Du er din eigen herre. Ho reiser seg, ho òg, og dei ruslar nedetter same vegen dei kom. Nedi gata stanar han: Men åffer reiste du ikke i vår? spør han. Du har jo snakka om det så lenge. Ho vert litt fattig i røysta: Nei, det kom så mye i veien, seier ho. Jeg må ha litt tid på meg. Nå vil jeg spara penger heile året, så jeg får meg litt godt med klær til våren. Jeg vil'ke komma hjem naken og snau. Han får noko av ei von over andletet: Er det sikkert atdet ikke kommer no i veien til våren? spør han. Ho smiler trygt: Nei, å skulle det væra? spør ho, undren. Jeg kan'ke skjønne å det skulle komma i veien, når jeg vil hjem! Ho er fast og sterk i målet. Men det kjem vinter etter sommar. Og lengslene legg seg gjerne i dvale vinterstider. Dei kan nok vakne ein sjeldan gong, så mykje at dei får gjort det litt uroleg i blodet, men dei sovnar straks att. Trivst ikkje i kulden. Vinterkveldane vart ofte lange for ho Helga. Og det vesle kammerset vart trongt. Ho laut ut og sjå folk. Den vinteren var ho mykje saman med han Edvart. Og dei hadde det hyggeleg og morosamt. Han Edvart var ein truverdig, bra kar, og ho heldt mykje av han. Sovna med han i tankane om kvelden og var glad ved tanken på han om morgonen. For det er no gjerne slik: Nokon lyt ein ha å tenkje på. Men da det leid ei tid over jul, vart det mindre med gleda. Og ho Helga miste dei friske rosene som hadde blømt på kinna trass i fabrikkluft og nattevåk. Og da det leid ut på våren, og hugen tok til å fara langt oppetter landet, hende det ofte at ho vart liggjande vak dei lange nettene igjennom i stor vonløyse. Ho Lina følgde henne med auga om dagen på fabrikken. Og ein ettermiddag da ho Helga ikkje hadde vore å få svar av, kom ho bort til henne: Du skal vel straks reise nå? spurde ho. Helga bytte inn ei ny snelle: Reise? spurde ho. Kjære deg, du ser vel åssen det er med meg, Lina! Jeg kan 'ke komma hjem slik. Jeg får da vente til litt lenger frampå. Det haster ikke sånn. Sommeren er lang. Da snudde ho Lina seg bort og smilte. Den hausten vart dei gifte, ho Helga og han Edvart. III Åra går. Ho Helga og han Edvart slit seg igjennom. Det er strevalt nok mang ein gong, men dei held saman og dreg i hop, og da orkar ein mykje. Ho Helga heldt seg heime frå fabrikken dei første åra etter ho vart gift. Men da den eldste dottera voks såpass til at ho kunne ta seg av småsyskena sine, bynte ho på att. Dei tente ikkje så reint verst med pengar no, ho og mannen. Dei hadde fått litt av kvart i huset, og var ikkje så reint innpå for klede. User User Side 3 av 5

4 Men ho Helga hadde enno ikkje lært å finne seg til ro i byen. Ho hadde si ri kvar einaste vår. Og når det stod på, vart ho lei både mann og ungar og fabrikk, og gjekk for seg sjølv og sturte. Og han Edvart laut ofte ta hardt i, før han fekk ho til å bruke vitet. Ein vår var ria enda hardare enn elles og varte lenger. Edvart gjorde seg både sint og blid, utan at det hjelpte. Til slutt lét han henne gå der for seg sjølv, med han tenkte på råd. Og da han hadde tenkt nokre dagar, fann han utveg. Ho skulle få reise heim att, dit ho lengta så sårt, og der alt var så gildt. Men aleine skulle ho ikkje få fara. Han og ho og ungane, alle saman skulle dei dra dit opp til heimbygda hennar. Dei skulle gå på fabrikken båe og arbeide så hardt dei orka. Så skulle dei ikkje kjøpe meir til huset heretter, men berre spara, spara. Kvar veke skulle dei setja nokre kroner i banken, vera så smånøgde med mat og drykk som berre råd var. Og når dei så om nokre år hadde spinka i hop nokre hundre, skulle dei reise dit ho lengta og få seg ein liten jordlapp der. Han låg og la fram denne planen for henne ein kveld etter at ungane hadde sovna. Og ho Helga høyrde på med open munn. Han Edvart var så varm og ven i målet i kveld, og så drøymande i auga. Og det var så vel gjennomtenkt alt det han sa, og det kom så greitt og beintfram, at ho kjende seg inderleg sæl og trygg. Og da han til slutt strauk henne nedover kinna og spurde om ho ikkje trudde det skulle gå, svara ho med tjukt mål: Du kan da skjønne det går, Edvart! Å skulle væra i veien for det? Og ho leita under teppet etter handa hans: Du får ha takk da, Edvart! sa ho. Tusen takk, gutten min! Men ein dag straks etter ligg han Edvart sjuk. Han har hosta i mange år og vore bleik og kraftlaus. Det er berre det evige jaget og slitet som har halde han oppe. Men no ligg han der. Minkar for kvar dag. Og ein dag seier doktoren at han kjem ikkje opp att. Det tar svært på han, og motet frå før rømmer. Ein kveld sit Helga framfor senga hans. Han er tagal i kveld. Ligg og grundar på eitkvart. Og han ser langt på kona si. Å, herregud! sukkar han. Ho bøyer seg over han og trøystar. Du må 'ke ta det slik, seier ho. Det blir nok ei råd. Vi får setta alt i Guds hand. Han hostar. Det er 'ke falig med meg, seier han. Og auga blir så uendeleg vonlause: Men du og ungene, Helga? Å skal det bli av dere? Ho har ingenting å svara til dette på ei stund. Veit ikkje å finne ord med meining i. Leitar etter tankar som har gitt von tidlegare. Men det er lenge før ho finn. Det er mest mørke, tunge tankar å få tak i, i dag. Da høyrer ho ein sukk frå senga, og hugsar seg. Og ho gjer seg trygg og vonfull og smiler til mannen sin: Kjære deg, Edvart! Det er da inga sak for oss. Blir det inga anna råd, så tar jeg båna med meg og reiser hjem, jeg. Der har jeg jo mange kjenninger, og vi får nok den hjelpa vi trenger. Her i byn orker jeg nok ikke leva likevel, heretter. Ho tykte det gjekk noko som likna ein sår smil over det bleike andletet. Men ho var ikkje viss på det. IV Det har gått mange år sidan han Edvart vart lagd i jorda. Mange leie år. Ho Helga arbeider enno på spinneriet. Det er stort omskifte der no. Nye maskiner og nye folk. Når dei gamle maskinene var uttente, vart dei borne ut og sundslegne og selt til skrap. Og folka vart sende til ei stor grøn slette nørdst i byen og vart gravne ned der. Den vegen har det longe gått med Lina. Dottera står no ved maskina etter mor si. Ho Helga har vorte litt bøygd over nakken på det siste. Og håret har gråna sterkt. For det er så mykje leitt å gå igjennom her i denne byrdefulle verda. Ein etter ein av ungane hennar User User Side 4 av 5

5 har falle frå. Det er brystet som har vore kleint. Berre den eldste dottera lever att. Ho går på spinneriet saman med mora. Ein vårkveld sit Helga og dottera saman i stova. Det har vore ein fin dag med varsel om sommar. Etter ei stund seier Helga: Jeg kommer til å tenke på no', jenta mi. Nå har vi sliti her i så mange år uten stans. Vi kan ha godt av å få litt fri. Jeg har ofte tenkt å ta meg en tur til hjembygda mi og helse på gamle kjenninger. Men det har alltid kommi no' i veien. Skal ikke du og jeg ta den turen i sommer? Vi kan ha godt av det begge to. Dottera snur seg. Vil ikkje mora skal sjå at ho smiler. Og Helga ser ingenting. Driv berre på: Du kan ha moro av å se åssen det ser ut på landet, du òg du som aldri har vært utenfor byen. Det er anna til liv der, du! Du skal nok få se forskjell. Jøss, jeg kan ikke få inn i hue mitt åssen folk kan leva årevis her i denna elendige byen, jeg. Jeg kunne aldri venne meg til det! No dreg dottera på smilen og gløymer å snu seg. Og no ser ho Helga det. Og ho stirer hjelpelaus på dotter si. Så dreg ho handa over panna: Å ja, å ja, sann! Jeg prater jeg! Herregud! Men så reiser ho seg halvt opp i stolen og får makt i målet: Ja, ja, le du jenta mi! Jeg reiser nå lell, jeg! Og vil ikke du væra med, kan jeg reise aleine! Jeg har reist veien før jeg, så jeg er'ke redd. Du ska'ke gjøra narr av meg, for jeg juger ikke. Det ska'ke komma grønt på trea heller, før jeg reiser! Nå veit du det! Ho Helga laug ikkje. Denne våren reiste ho. Sant nok: Det gjekk ikkje så svært langt. Ho fór ikkje på blanke skjener oppover landet. Nei. Det gjekk smått og roleg gjennom gatene. Ho enda ikkje i ein fager dal med klår elv og grøne bjørkeskogar. Men det var da noko som likna, likevel. For det var ikkje så svært langt til elv dit ho kom heller. Akerselva gjekk nokså nære. Og det veks da nokre bjørketre på Nordre gravlund òg. (Frå Lilje-Gunda og andre forteljingar, 1913) User User Side 5 av 5

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND DEL 1 1 Så lenge ingen såg meg, fekk eg vera i fred. Mamma likte ikkje at eg forstyrra når ho hadde besøk. Ho hysja og bad meg stikka av. Av og til kom det folk eg

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

OK, seier Hilde og låser.

OK, seier Hilde og låser. 4 Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg. Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje

Detaljer

Nokon kjem til å komme (utdrag)

Nokon kjem til å komme (utdrag) Jon Fosse (f. 1959) Nokon kjem til å komme (utdrag) I Nokon kjem til å komme av Jon Fosse møter vi et par som nettopp har kjøpt seg et hus på en bortgjemt plass. De flytter dit for å få tid alene sammen,

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk av Martine Grande Berte og Iver og månen Nynorsksenteret Berte Iver likar godt å leike med Berte, for ho finn på så mykje morosamt, og så er ho så modig. Det er kjekt å reise på oppdagingsferd i lag med

Detaljer

3 Set inn adjektiv eller adverb. Carmen er ei fin dame. Ho har alltid på seg fine klede og eit fint sjal. Ho syng fint også.

3 Set inn adjektiv eller adverb. Carmen er ei fin dame. Ho har alltid på seg fine klede og eit fint sjal. Ho syng fint også. ADVERB 1 Set inn adverb med motsett tyding. Luisa skriv pent. Leo skriv stygt. Maten luktar godt. Søpla luktar dårleg/vondt. Han spurde høfleg. Ho svarte uhøfleg. Leo gjekk seint. Luisa gjekk fort. Jentene

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Simbegwire Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Då Simbegwire si mor døydde, vart ho veldig lei seg. Simbegwire sin far gjorde sitt beste for

Detaljer

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Birger og bestefar på bytur til Stavanger Birger og bestefar på bytur til Stavanger Denne dagen var heilt spesiell, for i dag skulle Birger få lov å bli med bestefar frå Hjelmeland der dei bur, til Stavanger, for å selja plommer på torget. Kvelden

Detaljer

Ordenes makt. Første kapittel

Ordenes makt. Første kapittel Første kapittel Ordenes makt De sier et ord i fjernsynet, et ord jeg ikke forstår. Det er en kvinne som sier det, langsomt og tydelig, sånn at alle skal være med. Det gjør det bare verre, for det hun sier,

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen! Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen! Eit lite julekorthefte! Eg gleder meg til jul. Kanskje er eg ikkje aleine om det. Famile, julefilmar, julebrus, kakemenn og ikkje minst julehefte. Eg har i ei årrekkje

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK NYNORSK 1 Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. DETTE ER BOKA TIL Her kan de lime

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Johan Dalsegg født 12.1.1922 død 16.1.2006

Johan Dalsegg født 12.1.1922 død 16.1.2006 Johan Dalsegg født 12.1.1922 død 16.1.2006 Vårsøg No skin de sol e høgste Svealiå. No bli det vår, de kjenne e så vel. De søng så tongt kring alla dalasiå, å synnavinn han kjem å gjer me sel. Når sommarn

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Olav og Kari Navnet ditt:...

Olav og Kari Navnet ditt:... Folkevise Olav og Kari Navnet ditt:... Folkevise Olav Bøe og fl. Fra Norsk Folkediktning (Dei Norske Samlaget 1958) 1 Trø meg inkje for nære = kom ikke for nær meg (viser til dansesituasjonen visa ble

Detaljer

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing Jon Fosse Olavs draumar Forteljing Det Norske Samlaget 2012 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8123-4 Om denne boka Alida og Asle kom i Andvake til

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal leseserie Nynorsk Dø D e n i D ø r a Norsk for barnetrinnet 15800_Dodenidora_NN.indd 1 05-12-07 08:17:16 Fuglen hans er død. Kim spring over markene og

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK for born 1 NYNORSK Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. DENNE BOKA TILHØYRER Her

Detaljer

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 I år prøvde me ut kort svarfrist, ei veke rett før vinterferien. Då var det nokre som tenkte at dei kunne nytta ferien i fred og ro til å svara, så for at alle

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK Minnebok for born 1 NYNORSK Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. Når vi

Detaljer

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna. I november har me hatt fokus på språk og språkleik. Mykje av barna si språklæring går føre seg i dei kvardagslege samtalane våre, men ved å nytta nokre konkrete leikar, samt bilde og objekt å undre seg

Detaljer

Sorgvers til annonse

Sorgvers til annonse Sorgvers til annonse 1 Det led mot aften, din sol gikk ned, din smerte stilnet og du fikk fred. 2 Snart vil den evige morgen løfte det tårevåte slør. Der i det fredfulle rike. Ingen blir syke eller dør.

Detaljer

Håvamål (utdrag) 1 Augo du bruke før inn du gjeng, i kot og i kråom i kot og i krokom. For d'er uvisst å vita kvar uvener sit føre din fot.

Håvamål (utdrag) 1 Augo du bruke før inn du gjeng, i kot og i kråom i kot og i krokom. For d'er uvisst å vita kvar uvener sit føre din fot. Håvamål (utdrag) 1 Augo du bruke før inn du gjeng, i kot og i kråom i kot og i krokom. For d'er uvisst å vita kvar uvener sit føre din fot. 3 Eld han tarv som inn er komen og om kne kulsar. Til mat og

Detaljer

2016 Det Norske Samlaget

2016 Det Norske Samlaget 2016 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Trine + Kim designstudio Skrift: Questa Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S Isbn: 978-82-521-9388-6 Forfatta ren har mottatt støtte frå Det faglitterære

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme Den største kjempa Ut over fjorden, ut mot havet der vest stima ei skute langs ein vestlandsfjord rak i ryggen, med eit fast grep om roret sette ei kjempe sjøbein der om bord Der stormar kasta saltråka

Detaljer

En eksplosjon av følelser Del 3 Av Ole Johannes Ferkingstad

En eksplosjon av følelser Del 3 Av Ole Johannes Ferkingstad En eksplosjon av følelser Del 3 Av Ole Johannes Ferkingstad MAIL: ole_johannes123@hotmail.com TLF: 90695609 INT. SOVEROM EVEN MORGEN Even sitter å gråter. Han har mye på tankene sine. Han har mye å tenke

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo Ein farleg klatretur Døveskolernes Materialelaboratorium, 1994 2. udgave 1. oplag Forfatter: H. P. Rismark Illustrationer: Henrik Taarnby Thomsen Tilrettelægging, layout, dtp, repro og tryk: Døveskolernes

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker. 1. Mos 1, 1-5 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys. 4 Gud såg at lyset

Detaljer

Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no

Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden as ISBN 978-82-8238-166-6 (epub) ISBN 978-82-8238-160-4 (trykk) www.mangschou.no Bente

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei

Detaljer

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Straumen går Vatnet kom som regn frå skyene det kom inn frå havet i tunge mørke skyer dei drog seg lågt inn over kysten og lét dropane falle det

Detaljer

Lynne og Anja. Oddvar Godø Elgvin. Telefon: 99637736/37035023 Email: oddvar@elgvin.org

Lynne og Anja. Oddvar Godø Elgvin. Telefon: 99637736/37035023 Email: oddvar@elgvin.org Lynne og Anja Av Oddvar Godø Elgvin Telefon: 99637736/37035023 Email: oddvar@elgvin.org FADE IN EXT, KIRKEGÅRD, MOREN TIL SIN BEGRAVELSE (21), med blondt hår, lite sminke, rundt ansikt og sliten - er tilskuer

Detaljer

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde Det norske språk- og litteraturselskap 2010. Olav Duun: Menneske og maktene. Utgave ved Bjørg Dale Spørck. ISBN: 978-82-93134-46-6 (digital, bokselskap.no), 978-82- 93134-47-3 (epub), 978-82-93134-48-0

Detaljer

BOKSTAVSOMMAREN Styrk vil snorkle, men da må nokon passe på han. Det blir Zara, veslesøstera hans. Ho er for lita til å snorkle, men stor nok til å

BOKSTAVSOMMAREN Styrk vil snorkle, men da må nokon passe på han. Det blir Zara, veslesøstera hans. Ho er for lita til å snorkle, men stor nok til å BOKSTAVSOMMAREN Styrk vil snorkle, men da må nokon passe på han. Det blir Zara, veslesøstera hans. Ho er for lita til å snorkle, men stor nok til å halde auge med broren. Som lønn skal ho få ein skatt

Detaljer

Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben

Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben Jon Fosse Trilogien Andvake Olavs draumar Kveldsvævd bokklubben Det Norske Samlaget 2014 Trilogien inneholder titlene Andvake (2007), Olavs draumar (2012) og Kveldsvævd (2014) De norske Bokklubbene AS,

Detaljer

Høna tripper i berget

Høna tripper i berget Høna tripper i berget Det var en gang en gammel enke som bodde i en avgrend av bygda langt oppunder en ås, med de tre døtrene sine. Hun var så fattig at hun eide ikke annet enn en høne, og den hadde hun

Detaljer

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Magozwe Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 I den travle byen Nairobi, langt frå det trygge livet heime, budde det ein gjeng heimlause gutar. Dei

Detaljer

I meitemarkens verden

I meitemarkens verden I meitemarkens verden Kapittel 6 Flerspråklig naturfag Illustrasjon Svetlana Voronkova, Tekst, Jorun Gulbrandsen Kapittel 1. Samir får noe i hodet. Nå skal du få høre noe rart. Det er ei fortelling om

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim DETTE LURER VI PÅ I år begynte vi nysgjerrigper-prosjektet heilt utan å vita kva vi ville forske på. Vi begynte med og gå rundt i skulegarden og i klasserommet

Detaljer

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Tormod Haugland MØRK MATERIE Tormod Haugland MØRK MATERIE Roman FORLAGET OKTOBER 2015 TORMOD HAUGLAND Mørk Materie Forlaget Oktober AS 2015 Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg Exil Design hos OZ Fotosats AS Tilrettelagt for ebok

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017 Spørjeskjema for elevar 5.-10. klasse, vår 2017 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går

Detaljer

DRAUM OM HAUSTEN av Jon Fosse Scene for mann og kvinne. Manuset får du kjøpt på

DRAUM OM HAUSTEN av Jon Fosse Scene for mann og kvinne. Manuset får du kjøpt på DRAUM OM HAUSTEN av Jon Fosse Scene for mann og kvinne Manuset får du kjøpt på www.adlibris.com Vi møter en mann og en kvinne som forelsker seg i hverandre. De har møttes før, men ikke satt ord på sine

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3 Eselbarnet Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3 Det var ei lita jente som først såg den mystiske skikkelsen i det fjerne. 2 Etter kvart som skikkelsen

Detaljer

mystiske med ørkenen og det som finner sted der.

mystiske med ørkenen og det som finner sted der. DEN STORE FAMILIEN TIL DENNE LEKSJONEN Tyngdepunkt: Gud er med sitt folk (1. Mos. 12 15,24) Hellig historie Kjernepresentasjon Om materiellet Plassering: hyllene med hellig historie Elementer: ørkenboks

Detaljer

ROBERT Frank? Frank! Det er meg. Å. Heisann! Er Frank inne? HANNE Det er ikke noen Frank her. ROBERT Han sa han skulle være hjemme.

ROBERT Frank? Frank! Det er meg. Å. Heisann! Er Frank inne? HANNE Det er ikke noen Frank her. ROBERT Han sa han skulle være hjemme. VEPSEN Av: William Mastrosimone En tilsynelatende uskyldig misforståelse utvikler seg til et psykologisk spill mellom Hanne og inntrengeren Robert, som ender i et stygt voldtekstforsøk. Hanne er i leiligheten

Detaljer

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria Utgangspunkt 1 Ein roman er ei lang forteljing som er ofte delt inn i kapittel. Den kan ha fleire handlingar og hovudpersonar. Hilde Hagerup har skreve tre bøker

Detaljer

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman Trude Teige Lene seg mot vinden Roman Om forfatteren: Trude Teige (f. 1960) har jobbet som politisk reporter, nyhetsanker og programleder i TV2. I 2002 debuterte hun med Havet syng, oppfølgeren Lene seg

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

En eksplosjon av følelser Del 4 Av Ole Johannes Ferkingstad

En eksplosjon av følelser Del 4 Av Ole Johannes Ferkingstad En eksplosjon av følelser Del 4 Av Ole Johannes Ferkingstad MAIL: ole_johannes123@hotmail.com TLF: 90695609 EXT. UTENFOR HUSET TIL - KVELD Line står utenfor huset til Even. Skal hun banke på? Hun går mot

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

SFO BØ SKULE SKULEÅRET 2014-2015.

SFO BØ SKULE SKULEÅRET 2014-2015. SFO BØ SKULE SKULEÅRET 2014-2015. BØ SKULE Rektor: Gyrid Kvaale tlf: 35059452 Sentralbord: Gunn Berit Sønstebø tlf: 35059450 SFO leiar: Liv Bente V. Øygarden tlf: 35059473 MEDARBEIDARAR PÅ SFO SKULEÅRET

Detaljer

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS. MÅNADSBREV FOR MARS. Frøet Eg ligger bare her og gror og drikker vatn og spiser jord. Her er så varmt og mørkt og vått. Her er så fredelig og godt. I natt kom regnet lett på tå og banka ganske sakte på.

Detaljer

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs Om denne boka kvar sommar reiser Ea og mora til campingplassen Frøppeldunk for å fiske, bade og ikkje minst treffe alle dei andre feriegjestane igjen. Men denne sommaren skjer det noko uventa: fargane

Detaljer

ARBEIDSPRØVEN Bokmål ELEVENS HEFTE

ARBEIDSPRØVEN Bokmål ELEVENS HEFTE ARBEIDSPRØVEN Bokmål ELEVENS HEFTE LESEKORT 1 A D Å B O V N F G I P L Y Ø U M S T Æ R E H J K a d å b o v n f g i p l y ø u m s t æ r e h j k LESEKORT 2 sa vi ål du syl våt dyr øre klo hest føle prat lys

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź marit kaldhol det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź roman Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN 978-82-521-8437-2 Om boka

Detaljer

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5 Noteringshefte N Y N O R S K Trinn 3 5 Noteringshefte Personalia: Testpersonens namn:... Fødselsdato:... Norm:.. Skule/Institusjon:... Klasse:.... Testleiar:... Dato:.. Merknadar: 1. Leseflyt og leseforståing

Detaljer

Lag riktige setningar

Lag riktige setningar Smittsomme sjukdommar Lag riktige setningar Set saman setningane slik at dei gir meining. Bakteriar og virus Når bakteriar og virus kjem inn i kroppen, Friske menneske har ein kroppstemperatur Når vi har

Detaljer

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman Carl Frode Tiller Innsirkling 3 Roman OM FORFATTEREN: Carl Frode Tiller (f. 1970) er ein av dei fremste forfattarane i norsk samtidslitteratur. For dei fire romanane Skråninga (2001), Bipersonar (2003),

Detaljer

Månadsbrev for Blå, april 2016

Månadsbrev for Blå, april 2016 Månadsbrev for Blå, april 2016 Oppsummering/ evaluering av april Me har i april hatt fokus på friluftsliv. Før me starta på denne månaden var det få av oss som visste kva ei grandekule er, no er det begrepet

Detaljer

Anne-Cath. Vestly. Mormor og de åtte ungene i skogen

Anne-Cath. Vestly. Mormor og de åtte ungene i skogen Anne-Cath. Vestly Mormor og de åtte ungene i skogen Morten oppdager litt for mye, han Hvis du kommer gjennom skogen en gang litt ovenfor den store byen og får øye på et grått hus som ligger på et lite

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

MIN FETTER OLA OG MEG

MIN FETTER OLA OG MEG arne schrøder kvalvik MIN FETTER OLA OG MEG Livet og døden og alt det i mellom 2015 Kagge Forlag AS Omslagsdesign: Trygve Skogrand Layout: akzidenz as Omslagsillustrasjoner: Lasse Berre ISBN: 978-82-489-1742-7

Detaljer

Fortelling 3 ER DU MIN VENN?

Fortelling 3 ER DU MIN VENN? Fortelling 3 ER DU MIN VENN? En dag sa Sam til klassen at de skulle gå en tur ned til elva neste dag. Det var vår, det var blitt varmere i været, og mange av blomstene var begynt å springe ut. Det er mye

Detaljer

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet. Preike Matt 18, 12-18 Molde Domkirke 5.s i treenigheitstida, 23.06.2013 DEN GODE HYRDEN Eg vil starte med å vise eit bilete i dag. Det er eit bilete som i ein eller annan variant heng i mange heimar og

Detaljer

Alt det lyse og alt det mørke

Alt det lyse og alt det mørke Brynjulf Jung Tjønn Alt det lyse og alt det mørke roman Til Helle, Olav, Ingeborg og Marie Fars fingrar kunne likne krokete greiner, og dei klumpete blodårene på oversida av handa likna snirklete røter.

Detaljer

I N N H O L D. Forord

I N N H O L D. Forord BOKVENNEN 2012 I N N H O L D Forord Annlaug Selstø «Aläng» Ero Karlsen «Slutten på nysgjerrighet» Kjersti Kollbotn «Rom null-trettiåtte: Trøyst» Kristian Bjørkelo «Spegelen» Siri Katinka Valdez «Alle er

Detaljer

Bibelmeditasjonar om bøn

Bibelmeditasjonar om bøn Bibelmeditasjonar om bøn Om å vera uthaldande i bøn og ikkje gje opp BIBELTEKSTAR OM BØN TIL BRUK I Personleg bibelstudium Bibelstudium i grupper Side 2 Side 11 Notatar Side 10 Notatar Innhald Side 3 Forord

Detaljer

og de danser, danser rundt i ring. Men nissefar han truer med sin store skje og kom avsted. For grøten min vil jeg få lov å ha i fred,

og de danser, danser rundt i ring. Men nissefar han truer med sin store skje og kom avsted. For grøten min vil jeg få lov å ha i fred, JULESANGER PÅ LÅVEN SITTER NISSEN På låven sitter nissen med sin julegrøt, så god og søt, så god og søt. Han nikker, og han spiser, og han er så glad, for julegrøten vil han gjerne ha. Men rundt omkring

Detaljer

Songoversikt Bæ, bæ, vesle lam Blåmann, blåmann Bokstavane Dei tre små fisk Det lyser i stille grender Det sat to kattar på eit bord

Songoversikt Bæ, bæ, vesle lam Blåmann, blåmann Bokstavane Dei tre små fisk Det lyser i stille grender Det sat to kattar på eit bord Songboka Songoversikt Bæ, bæ, vesle lam 3 Blåmann, blåmann 4 Bokstavane 5 ei tre små fisk 6 et lyser i stille grender 7 et sat to kattar på eit bord 8 et står ein friar uti garde 9 Eg er så glad kvar julekveld

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

Faren tok lykta og subba bort til døra, medan dei fem ungane blei ståande og følgje han skuffa med auga.

Faren tok lykta og subba bort til døra, medan dei fem ungane blei ståande og følgje han skuffa med auga. Me gir oss ikkje - Nei, sa eg! Aldri i livet. Her på garden har det aldri vore noko bikkje, og ikkje skal det bli nokon heller. Send den skitne, fæle kjøteren tilbake der de fann han, eg vil ikkje ha ein

Detaljer

Rapport ungdomskurs i bridge på Os 27. 28. februar 2016

Rapport ungdomskurs i bridge på Os 27. 28. februar 2016 Rapport ungdomskurs i bridge på Os 27. 28. februar 2016 Os Bridgeklubb arrangerte helga 27. 28. februar 2016 bridgekurs for ungdom. Planlegginga av kurset starta hausten 2015, og etter at vi fekk innvilga

Detaljer

Sammen for alltid. Oversatt av Bodil Engen

Sammen for alltid. Oversatt av Bodil Engen GUUS KUIJER Sammen for alltid Oversatt av Bodil Engen FØRSTE KAPITTEL om at Mimo gjør det slutt med meg fordi jeg er dikter LÆREREN ER FORELSKET i mamma! Kan man tenke seg noe verre? NEI! Altså, foreldrene

Detaljer

THE BREAK-UP. Jonas sitter og spiller Playstation, Caroline står og ser på han. CAROLINE: Jeg tenkte å ta oppvasken. JONAS:

THE BREAK-UP. Jonas sitter og spiller Playstation, Caroline står og ser på han. CAROLINE: Jeg tenkte å ta oppvasken. JONAS: THE BREAK-UP INT. LEILIGHETEN TIL CAROLINE OG JONAS Jonas sitter og spiller Playstation, Caroline står og ser på han. Jeg tenkte å ta oppvasken. Bra. Det hadde vært fint om du hjalp meg. Ikke noe problem.

Detaljer

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

SUNDAG Morgonbøn (Laudes) SUNDAG Morgonbøn (Laudes) Inngang L Herre, lat opp mine lepper! A Så min munn kan lovprisa deg. A no og alltid og i alle Song Sal 93 I Herren råder, * han har kledd seg i høgd. II Herren har kledd seg

Detaljer

FOLKEHELSEBLUES Dikt til plankonferansen i Hordaland berre himmelen fjella, lyset. først er det

FOLKEHELSEBLUES Dikt til plankonferansen i Hordaland berre himmelen fjella, lyset. først er det FOLKEHELSEBLUES Dikt til plankonferansen i Hordaland 26.10.16 først er det berre himmelen fjella, lyset først er det berre blått i blått grått i grått vått i vått først er det berre grøftegraset risleraslelauvet

Detaljer