Skjøtselsplan for verdifull slåttemark

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Skjøtselsplan for verdifull slåttemark"

Transkript

1 Skjøtselsplan for verdifull slåttemark Ljone, Ulvik A. Generell del Slåttemarker er areal som blir regelmessig slått. Semi-naturlig slåttemark, eller såkalla natureng, er slåttemarker som er forma gjennom rydding og lang tids tradisjonell slått. Dei er ofte overflaterydda, men ikkje oppdyrka og tilsådd i seinare tid, og er anten ugjødsla eller svært lite gjødsla. Dei blir slått seint i sesongen. Slåttemarkene vart gjerne haustbeita og ofte også vårbeita. Korleis slåttemarkene har vore skjøtta varierer noko frå stad til stad og frå landsdel til landsdel. Slåttemark er urte- og grasdominert og oftast svært artsrik. Dei kan vere open eller tresett. Tresette slåttemarker med styvingstre som blir hausta ved lauving er i dag svært sjeldne. Slike såkalla lauvenger vart gjerne beita om våren, slått ein gong seint om sommaren og beita om hausten. I tillegg vart greinene på trea hausta til lauvfôr med eit tidsintervall på 5-8 år. I gammal tid spelte også myr ei viktig rolle som slåtteareal (slåttemyr). Dei fleste jordvassmyrane i Noreg har tidlegare vore slått, men myrslåtten tok i stor grad slutt for ganske lenge sidan og vart praktisert berre nokre få stader fram til slutten av 1950-åra. Attgroinga av slåttemyr går imidlertid gjerne sakte, så fleire myrar ber i framleis preg av denne haustinga. Det er registrert få lauvenger og slåttemyrer som framleis er i hevd. Dei ulike slåttemarkene høyrer til blant våre mest artsrike naturtypar, og har stor betydning også for andre organismar enn karplantar. T.d. er rundt 70 prosent av dagsommarfuglane våre knytt til open engvegetasjon (særlig urterik slåttemark). I tillegg har slåttemarker stor betydning for mange truga artar av beitemarksopp. Slåttemark kan ikkje erstattast av beitemark fordi dei inneheld artar som ikkje klarar seg i område som berre blir beita. Samanlikna med naturbeitemark har slåttemark generelt det høgaste artsmangfaldet per m 2 og også dei største bestandane av fleire truga engartar. Gjennom historia har slåttemark vore, og vil framleis vere, om vi tek vare på dei, viktige levande genbankar. I tillegg er dei berekraftige økosystem som har vore eit nøkkelelement i norsk landbruk i fleire tusen år. Grunna moderniseringa av landbruket er gammal slåttemark no blant våre mest truga naturtypar. Generelle råd ved skjøtsel og restaurering av verdifulle slåttemarker Skjøtsel Beste måten å skjøtte ei gammal, artsrik eng på, er å følge opp den tradisjonelle driftsforma, utan gjødsling, med sein slått og tørking av graset på staden. Enkelte stader har slåtteareala vore beita vårog haust. Det var imidlertid viktig at dyra ikkje gjekk for lenge på beite om våren. Det tradisjonelle slåttetidspunktet har variert noko frå stad til stad avhengig av klima og høgd over havet. Difor er det viktig å finne ut kva som har vore vanleg på den aktuelle lokaliteten eller i nærområdet frå gammalt av. Prøv å finne fram til tradisjonen før krigen. Generelt skal dei fleste plantane ha bløma og sett frø før slåtten tek til. For mange område vil dette vere frå midten av juli. Ein bør nytte lett reiskap (ljå eller tohjuls slåmaskin, til nød lettare traktor). Graset må bakketørkast eller hesjast før det blir fjerna. Det viktigaste er likevel at graset blir fjerna. Skjer slåtten etter at plantane har sett frø, gjer det ikkje så mykje om ein år om anna ikkje får tørka graset før ein fjernar det. På Vestlandet vart enga som regel beita vår og haust. Beiting kan ikkje erstatte slått, men beiting kan likevel vere aktuelt som einaste skjøtsel i ein periode dersom det ikkje er mogleg å slå. Beiting med gamle storferasar er det beste, men på Vestlandet blir sau no i stor grad brukt. Beiting med moderne storferasar er ueigna, då dette fører til for stort beitepress og trakkskadar. Beiteugras må fjernast manuelt. Om enga vårbeitast, må ikkje dyra beite for lenge, då enga treng å utviklast før slåtten. Avslutt gjerne vårbeitinga i månadsskiftet mai-juni.

2 Restaurering Når det gjelder restaurering av enger som er i attgroing og utviding av eksisterande slåtteareal er det viktig å ikkje sette i gang med meir omfattande restaurering enn det ein klarar å følgje opp med skjøtsel i ettertid. Dersom det er mange delfelt som skal restaurerast, kan det vere lurt å ta det trinnvis over fleire sesongar. Slik blir det meir overkomeleg, og ein får erfaring med kor omfattande dei ulike tiltaka er og kor mykje ein kan forvente å få gjennomført per sesong. Hogst/grovrydding bør helst gjennomførast på frosen og gjerne bar mark. Då ungår ein skadar på undervegetasjonen, og samstundes er det enklare å få ein lågast mogleg stubbe. Rydding i snø kan vere meir tungvint. Mindre buskar og oppslag kan òg ryddast på sommaren når det er tørt og mykje av biomassen er samla i blada. I slåtteenger som ikkje har vort tresette er det ikkje noko poeng i å sette att tre ved rydding, men gamle styvingstre bør få stå. Eit og anna lauvtre med fin og vid krone kan òg gjerne få stå. Alle gran/furu og framande treslag bør fjernast. Etter hogst er det spesielt viktig at alt ryddeavfall, kvist, stubbar og liknande blir samla saman og brent på eigna stader, og aller helst frakta ut av området. Dette for å unngå unødig oppgjødsling. Ryddeavfall som ligg spreidd utover vil elles fort føre til ny dominans av uønska rasktveksande, konkurransesterk vegetasjon. Av same grunn er oppflising og spreiing av flis i området ikkje å anbefale. Attstående biomasse vil ta opp noko av næringa som blir frigjort frå døde røter av tre og buskar som har blitt rydda bort. Dette gir ein gjødslingsseffekt som lett fører til oppvekst av uønska nitrogenkrevjande artar (t.d. bringebær og brennesle). Gradvis gjenåpning er difor viktig. Gjødslingseffekten saman med auka lysinnstråling fører gjerne òg til ein del etterrenning. Det er mest effektivt å slå lauvrenningane i juli, når det er minst energi samla i rotsystemet. Dette fell normalt saman med slåttetidspunktet. Det kan likevel vere nødvendig å rydde lauvrenningar fleire gonger dei par første sesongane. Osp og or sprer seg ved rotskot, og rydding kan i mange tilfelle føre til utstrakt renning. Desse kan det difor løne seg å ringbarke ved å skjere eit ca. fem cm breitt band rundt treet nedanfor den nedste greina. Det er viktig at snittet er såpass djupt at all barken forsvinn, slik at transporten av næringsstoff stoppar heilt opp. Det er lettast å ringbarke om våren. Etter tre somrar må dei døde trea fjernast. Stubbar må kappast heilt ned til bakken, anten i samband med hogsten eller ved etterrydding på barmark. Større stubbar vil gå raskere i forråtning om en skil barken frå veden med eit spett eller liknande, og deretter stappar jord i mellom. Med unntak av osp og or kan ein òg unngå renningar på denne måten. Dette kan t.d. vere aktuelt i kantar som hindrar lysinnstråling til slåttemarka. Problemartar som bringebær- og rosekratt, brennesle og mjødurt vil normalt forsvinne ved slått over tid. Men for å få dei bort kan det i byrjinga vere nødvendig å slå fleire gonger per sesong med ljå eller krattryddar. Felt med einstape (bregne) bør slåast ned med kjepp, ikkje skjerast ned. På denne måten held bregna fram med å transportere næring frå røtene, og utarmar dermed rotsystemet sitt. Den bør så fjernast på hausten. For mer utfyllande om skjøtsel, restaurering og hevd: Skjøtselsboka for kulturlandskap og gamle norske kulturmarker er å finne på DN sine heimesider:

3 B. Spesiell del: Ljono nedre ID Naturbase: BN BN Gnr/bnr: 54/7 Tidlegare registrert: 2007, 2007, 2008 Dato for skjøtselsplan: Reregistrert i samband med skjøtselsplan. Dato: UTM: 32V Areal, noverande: 4,6 daa (0,7 + 3,9) Kommune/fylke: Ulvik, Hordaland Mogleg areal etter restaurering: Registrert av: Ranveig Djønne (2001), Mary H. Losvik ( ), John Bjarne Jordal ( ) Utforma av: Mary H. Losvik Registrert av: Mary H. Losvik OMRÅDEBESKRIVELSE: Omtalen er skreven av fylkesmannen i Hordaland på grunnlag av tidlegare omtalar av Djønne (2005), Jordal (2009) og Losvik (2010). I Naturbase er lokaliteten skildra som to tilgrensande lokalitetar, basert på Jordal (2009) sin omtale. I skjøtselsplanen er det mest praktisk å skildre slåttemarka som ein lokalitet, sidan ein legg opp til same skjøtsel i begge delområda. Lokalisering og naturgrunnlag: Lokaliteten ligg like ovanfor vegen mot Ljono, nedst i teigen på bnr. 54/7. Lokaliteten grensar mot vegen i nedkant, mot skog i vest, tresett grasmark i oppkant og ein frukthage i aust. Lokaliteten er todelt, der den relativt smale partiet mellom vegen og skogen i vest er den mest intakte. Eksponeringa er sørvendt. Lokaliteten ligg i sørboreal vegetasjonssone og svakt oseanisk seksjon. Naturtypar, utformingar og vegetasjonstypar: Det er snakk om ei slåttemark (D01) i ein bratt bakke. Den austlege og største delen av lokaliteten går litt i retning av naturbeitemark (D04), særleg i kantane, men blir slått, den også, så D01 blir riktig klassifisering også her. Det austlege og største delområdet har innslag av styva ask. Viktigaste vegetasjonstype er frisk fattigeng (G4). Artsmangfald: Ved siste synfaring på lokaliteten, i august 2010, fann Losvik 27 karplantar som kan indikere gammal slåttemark: Gjeldkarve, prestekrage, kjertelaugetrøyst, kvitmaure, småengkall, hårsveve, knegras, tiriltunge, blåkoll, engknoppurt, ryllik, følblom, tepperot, smalkjempe, engfrytle, bleikstarr, bråtestarr, fuglevikke, skjermsveve, firkantperikum, tviskjeggveronika, englodnegras, blåklokke, stemorsblom, jonsokkoll, skogstorkenebb og gjerdevikke. Jordal (2009) nemner i tillegg engtjæreblom, karve, haremat, heiblåfjør, storblåfjør, blåknapp, raudknapp, gulskolm, maurarve, lundrapp, kratthumleblom, jonsokkoll, raud jonsokblom og åkerminneblom. I tillegg finst det vanlege, gjødseltolerante artar som engkarse, engsoleie og engsyre. Populasjonane av fleire karakteristiske artar er små. Sopp: Lokaliteten vart undersøkt hausten 2010 av Olav Aas. Det var ein relativt dårleg soppsesong, og berre fire artar vart funne, men av desse var to raudlisteartar: Tjøreraudskivesopp Entoloma poliopus, limvokssopp Hygrocybe glutinipes, flammevokssopp H. intermedia (VU) og skifervokssopp H. lacmus (NT). Bruk, tilstand og påverknad: Lokaliteten blir slått på seinsommaren. Det blir beita vår og haust på den austlege delen av området. Det blir truleg også beita noko på ved vestlege delen, men i mindre grad. Den austlege lokaliteten har nok vore litt gjødsla, særleg på større grasflekkar (Jordal 2009). Framande artar: Ingen observerte. Skjøtsel/forvalting: Skal lokaliteten ha biologisk verdi som slåttemark i framtida, må skjøtselen med sein slått, tørking av graset på staden og beiting vår og haust halde fram. Verdivurdering: Dei to delområda har fått ulik verdi i Naturbase (Jordal 2009). Den vestlege delen blir vurdert som mest intakt og blir vurdert som svært viktig. Den austlege er stadvis litt oppgjødsla, og blir av den grunn berre vurdert som viktig. Etter ei totalvurdering blir verdien vurdert som A svært viktig, sidan lokaliteten er ganske artsrik, rimelig intakt og framleis er i drift. Slike lokalitetar er det svært få att av i Hordaland, og dette er ein av dei betre. Funnet av to raudlista soppartar støttar opp om høg verdi, men er ikkje avgjerande.

4 TIDLEGARE OG NOVERANDE BRUK: Har vore i drift som slåttemark i lang tid og er framleis i drift etter gamle driftsmåtar, om enn noko mindre intensivt enn tidlegare. VEGETASJONSTYPE: Frisk fattigeng (G04). Karakterartar: Bleikstarr, blåklokke, blåknapp, blåkoll, bråtestarr, engfrytle, engknoppurt, englodnegras, engtjæreblom, firkantperikum, fuglevikke, følblom, gjeldkarve, gjerdevikke, gulskolm, haremat, heiblåfjør, hårsveve, knegras, jonsokkoll, karve, kjertelaugnetrøyst, kratthumleblom, kvitmaure, lundrapp,, maurarve, prestekrage, raud jonsokblom, raudknapp, ryllik, skjermsveve, skogstorkenebb, smalkjempe, småengkall, stemorsblom, storblåfjør, tepperot, tiriltunge, tviskjeggveronika, åkerminneblom. Raudlisteartar: Flammevokssopp Hygrocybe intermedia (VU) Skifervokssopp Hygrocybe lacmus (NT) STATUS/TILSTANDSBESKRIVELSE: Intakt, men litt små populasjonar av enkelte karakterartar. Stadvis litt gjødsla. KULTURMINNE: Ikkje registrert. VERDI (A svært viktig, B viktig eller C lokal verdi): A svært viktig MÅL: Hovudmål for lokaliteten: Hovudmålet er å halde på og helst auke driftsintensiteten etter gamle driftsformer, utan gjødsling og med vår- og haustbeite i tillegg til sein slått og tørking av graset på staden. Gjødsling: Det må ikkje brukast tilleggsgjødsel ut over det dyra sjølve legg att. Det kan gjerne kalkast lett med skjelsand eller kalksteinmjøl kvart år. Vår- og haustbeite: God nedbeiting av sau i periodane frå april til og med mai og frå slutten av september kvart år er viktig for å sikre artsmangfaldet på lang sikt. Det er betre med mange sauer i ein kort periode og på eit tidleg tidspunkt enn med få sauer i ein lengre periode. Slått: Graset må bli slått ein gong for året, i perioden frå midten av juli til seint i august, etter at plantene har mogne frø. Ein kan nytte tohjuls slåmaskin, krattryddar, firhjuling med slåtteutstyr eller ljå. Graset bør tørkast flatt eller i hesjer, slik at frøa blir spreidde og grastorva jamt blir tilført nye frø. Det er svært viktig at alt høyet blir fjerna frå lokaliteten. Dødt gras som blir liggande att verkar som grøngjødsling og hindrar oppveksten av små, konkuransesvake artar. Blir det mykje mose, kan den rakast bort like etter slåtten. Dei gamle fjerna mose med ljåen under slåtten. Utviding av arealet: Utkantane av slåttemarka, særleg øvst i skråninga, er svakt attgroande. Det ville vore bra om heile arealet kunne vore slått kvart år, ved at ein også slår attgroande areal på øvst i teigen, eventuelt med krattryddar og med litt utviding kvart år. Tre: Ein må passe på at trea inne på slåttemarka ikkje blir for store slik at dei gir for mykje skugge til grasmatta. Dei kan godt lauvast kvart 7. år. Nokre kan fjernast, slik at berre nokre få enkeltståande tre står att. OPPFØLGING: Skjøtselsplanen skal evaluerast innan: 2015 Behov for registrering av spesifikke artsgrupper: Beitemarksopp ANSVAR: Brukar: Thoralf Opheim

5 Kart Arealet med gammal slåttemark på Ljone.Lokaliteten består av to delområde, der det største ser ut til å vere litt gjødselpåverka.

Skjøtselsplan for slåttemark på Nes. Kvam herad, Hordaland.

Skjøtselsplan for slåttemark på Nes. Kvam herad, Hordaland. Vestlandet Skjøtselsplan for slåttemark på Nes. Kvam herad, Hordaland. NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING HORDALAND 2011 ØYVIND VATSHELLE OPPDRAGSGIVER: FYLKESMANNEN I HORDALAND LITTERATURREFERANSE: Øyvind Vatshelle

Detaljer

1. Drift av artsrik slåttemark

1. Drift av artsrik slåttemark Vassbakkjen og Liabråtet. Berge, Bømlo, Hordaland 1. Drift av artsrik slåttemark Beste måten å skjøtte ei gammal, artsrik eng på, er å følgje den tradisjonelle driftsforma (oftast som før krigen), utan

Detaljer

Skjøtselsplan for BN00079390, Dalehaug, slåttemark i Rauma kommune, Møre og Romsdal fylke.

Skjøtselsplan for BN00079390, Dalehaug, slåttemark i Rauma kommune, Møre og Romsdal fylke. Vestlandet Skjøtselsplan for BN00079390, Dalehaug, slåttemark i Rauma kommune, Møre og Romsdal fylke. Bilde 1. UTM 44364 693486. Tatt i retning nordvest. Bildet viser den nederste og sørvestligste del

Detaljer

Skjøtselsplan for verdifull slåttemark

Skjøtselsplan for verdifull slåttemark Skjøtselsplan for verdifull slåttemark Flage, Voss A. Generell del Slåttemarker er areal som blir regelmessig slått. Semi-naturlig slåttemark, eller såkalla natureng, er slåttemarker som er forma gjennom

Detaljer

Skjøtselplan for Tannberg slåttemark, Østre Toten kommune, Oppland fylke.

Skjøtselplan for Tannberg slåttemark, Østre Toten kommune, Oppland fylke. Østlandet Skjøtselplan for Tannberg slåttemark, Østre Toten kommune, Oppland fylke. OVERSIKTSBILDE fra lokalitet Bilder mangler fra lokaliteten. FIRMANAVN OG ÅRSTALL: Miljøfaglig Utredning AS, 2012 PLAN/PROSJEKTANSVARLIG:

Detaljer

Skjøtselsplan for Ytstebøen slåttemark, Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylke.

Skjøtselsplan for Ytstebøen slåttemark, Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylke. Vestlandet Skjøtselsplan for Ytstebøen slåttemark, Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylke. FIRMANAVN OG ÅRSTALL: Dag Holtan 2013 PLAN/PROSJEKTANSVARLIG: Dag Holtan OPPDRAGSGIVER: Fylkesmannen i Møre og

Detaljer

Skjøtselplan for Bjørndalen slåttemark, Orkdal kommune, Sør-Trøndelag fylke.

Skjøtselplan for Bjørndalen slåttemark, Orkdal kommune, Sør-Trøndelag fylke. Skjøtselplan for Bjørndalen slåttemark, Orkdal kommune, Sør-Trøndelag fylke. Midt-Norge OVERSIKTSBILDE fra lokalitet Figur 1. Nedre del av slåttemarkslokaliteten sett mot sør. Foto: Steinar Vatne 6.8.15

Detaljer

Kartlegging av mogleg artsrik slåttemark Hordaland 2010. UTDRAG, VERDIFULLE LOKALITETAR

Kartlegging av mogleg artsrik slåttemark Hordaland 2010. UTDRAG, VERDIFULLE LOKALITETAR Øyvind Vatshelle og Gunnlaug Røthe, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland Kartlegging av mogleg artsrik slåttemark Hordaland 2010. UTDRAG, VERDIFULLE LOKALITETAR 1 Innleiing Kartlegginga er gjort på førespurnad

Detaljer

Skjøtselsplan for Ekera, slåttemark i Gjøvik kommune, Oppland fylke.

Skjøtselsplan for Ekera, slåttemark i Gjøvik kommune, Oppland fylke. Østlandet Skjøtselsplan for Ekera, slåttemark i Gjøvik kommune, Oppland fylke. OVERSIKTSBILDE fra lokalitet Figur 1. Bildet viser bergknaus i øvre del av enga i juli 2011. Bildet er tatt mot øst fra ca.

Detaljer

Foto: P. Vesterbukt/Bioforsk

Foto: P. Vesterbukt/Bioforsk Skjøtselsplan for slåttemark. Berillstølen gnr./bnr.100/2, Rauma kommune, Møre og Romsdal fylkeskjøtselsplan for slåttemark. Berillstølen gnr./bnr.100/3, Rauma kommune, Møre og Romsdal fylke. Foto: P.

Detaljer

Skjøtselplan for Hukkulåsen slåttemark, Orkdal kommune, Sør-Trøndelag fylke.

Skjøtselplan for Hukkulåsen slåttemark, Orkdal kommune, Sør-Trøndelag fylke. Skjøtselplan for Hukkulåsen slåttemark, Orkdal kommune, Sør-Trøndelag fylke. Midt-Norge Figur 1 Østre del av slåttemarkslokaliteten på Hukkulåsen. Her er en artsrik knaus med bl.a. storblåfjær. All gran

Detaljer

Skjøtselplan for Meldal bygdemuseum slåttemark, Meldal kommune, Sør-Trøndelag fylke.

Skjøtselplan for Meldal bygdemuseum slåttemark, Meldal kommune, Sør-Trøndelag fylke. Midt-Norge Skjøtselplan for Meldal bygdemuseum slåttemark, Meldal kommune, Sør-Trøndelag fylke. OVERSIKTSBILDE fra lokalitet Figur 1. Nedre del av slåttemarka på Meldal bygdetun. I forkan sees litt prestekrage,

Detaljer

Skjøtselplan for Lystad, Østre Toten kommune, Oppland fylke.

Skjøtselplan for Lystad, Østre Toten kommune, Oppland fylke. Østlandet Skjøtselplan for Lystad, Østre Toten kommune, Oppland fylke. OVERSIKTSBILDE fra lokalitet Figur 1. Slåtteenga sett fra vegen på sørsiden. Et belte har blitt klipt som plen her i kanten mot vegskjæringa,

Detaljer

Vestlandet. Skjøtselplan for slåttemark i Olsvik, Foldfjorden i Aure kommune, Møre og Romsdal fylke. Bioreg AS Rapport 2011 : 33

Vestlandet. Skjøtselplan for slåttemark i Olsvik, Foldfjorden i Aure kommune, Møre og Romsdal fylke. Bioreg AS Rapport 2011 : 33 Vestlandet Skjøtselplan for slåttemark i Olsvik, Foldfjorden i Aure kommune, Møre og Romsdal fylke. Bioreg AS Rapport 2011 : 33 2 BIOREG AS R apport 2 011: 33 Utførende institusjon: Bioreg AS http://www.bioreg.as/

Detaljer

Skjøtselsplan for Staksenga, slåttemark, Rauma kommune, Møre og Romsdal fylke.

Skjøtselsplan for Staksenga, slåttemark, Rauma kommune, Møre og Romsdal fylke. Skjøtselsplan for Staksenga, slåttemark, Rauma kommune, Møre og Romsdal fylke. Foto: P. Vesterbukt/Bioforsk FIRMANAVN OG ÅRSTALL: Bioforsk Midt-Norge. 2014 PLAN/PROSJEKTANSVARLIG: Per Vesterbukt OPPDRAGSGIVER:

Detaljer

Vestlandet. Skjøtselplan slåttemark i Stranda kommune i Møre og Romsdal fylke; Fausa: Brune. Bioreg AS Rapport 2011 : 26

Vestlandet. Skjøtselplan slåttemark i Stranda kommune i Møre og Romsdal fylke; Fausa: Brune. Bioreg AS Rapport 2011 : 26 Vestlandet Skjøtselplan slåttemark i Stranda kommune i Møre og Romsdal fylke; Fausa: Brune. Bioreg AS Rapport 2011 : 26 2 BIOREG AS R apport 2 011: 26 Utførende institusjon: Bioreg AS http://www.bioreg.as/

Detaljer

Skjøtselsplan SVARTKURLE-lokaliteten Ålbusgjelan (Oppigard, Ålbu)

Skjøtselsplan SVARTKURLE-lokaliteten Ålbusgjelan (Oppigard, Ålbu) Skjøtselsplan SVARTKURLE-lokaliteten Ålbusgjelan (Oppigard, Ålbu) Grunneier: John Aalbu Gnr/bnr: 191/1 ID Naturbase: BN00027029 Areal, nåværende: 9,8 da naturbeitemark UTM: 255-256, 427-428, høyde: 620-630

Detaljer

?1-$"+&4;42')#.%)N&+"42'()+4@""&62%1C)P%2')1.66,'&C) :;;42'()#V41&I)

?1-$+&4;42')#.%)N&+42'()+4@&62%1C)P%2')1.66,'&C) :;;42'()#V41&I) ?1-$"+&4;42')#.%)N&+"42'()+4@""&62%1C)P%2')1.66,'&C) :;;42'()#V41&I) BCa"9RE]9:R

Detaljer

1. Drift av artsrik slåttemark

1. Drift av artsrik slåttemark Halland, Radøy, Hordaland 1. Drift av artsrik slåttemark Beste måten å skjøtte ei gammal, artsrik eng på, er å følgje den tradisjonelle driftsforma (oftast som før krigen), utan gjødsling og med vår- og

Detaljer

?1-$"+&4;42')#.%)O2(&42'()G.41&6,+&,6)+4@""&62%1C) P%2')1.66,'&C):;;42'()#V41&I)

?1-$+&4;42')#.%)O2(&42'()G.41&6,+&,6)+4@&62%1C) P%2')1.66,'&C):;;42'()#V41&I) ?1-$"+&4;42')#.%)O2(&42'()G.41&6,+&,6)+4@""&62%1C) P%2')1.66,'&C):;;42'()#V41&I) BCa"9RE]9:RR"-8S8CSBXb"9]8

Detaljer

Skjøtselsplan for slåttemark. på Haatveit Øvre, Hjartdal. Kulturlandskapssenteret i Telemark

Skjøtselsplan for slåttemark. på Haatveit Øvre, Hjartdal. Kulturlandskapssenteret i Telemark Skjøtselsplan for slåttemark på Haatveit Øvre, Hjartdal Kulturlandskapssenteret i Telemark 2010 Kulturlandskapssenteret 3690 Hjartdal post@kulturlandskapssenteret.no 97187758 Skjøtselsplan for slåttemark

Detaljer

Skjøtselsplan for slåttemark. på Haatveit Nordre, Hjartdal. Kulturlandskapssenteret i Telemark

Skjøtselsplan for slåttemark. på Haatveit Nordre, Hjartdal. Kulturlandskapssenteret i Telemark Skjøtselsplan for slåttemark på Haatveit Nordre, Hjartdal Kulturlandskapssenteret i Telemark 2010 Kulturlandskapssenteret 3690 Hjartdal post@kulturlandskapssenteret.no 97187758 Skjøtselsplan for slåttemark

Detaljer

Skjøtselsplan for slåttemark

Skjøtselsplan for slåttemark Bioforsk Rapport Bioforsk Report Vol. 8 Nr. 130, 2013 Skjøtselsplan for slåttemark Stensøya, Røst kommune, Nordland fylke Annette Bär, Thomas H. Carlsen & Maja S. Kvalvik Bioforsk Nord Tjøtta Hovedkontor/Head

Detaljer

1. Drift av artsrik slåttemark

1. Drift av artsrik slåttemark Berlandstveit, Fusa, Hordaland 1. Drift av artsrik slåttemark Beste måten å skjøtte ei gammal, artsrik eng på, er å følgje den tradisjonelle driftsforma (oftast som før krigen), utan gjødsling og med vår-

Detaljer

Skjøtselplan for Almlitrøa nordvest, slåttemark i Stjørdal kommune, Nord-Trøndelag fylke.

Skjøtselplan for Almlitrøa nordvest, slåttemark i Stjørdal kommune, Nord-Trøndelag fylke. Midt-Norge Skjøtselplan for Almlitrøa nordvest, slåttemark i Stjørdal kommune, Nord-Trøndelag fylke. Figur 1: Oversiktsbilde fra kunstmarkseng Almitrøa nordvest sett fra nordøst mot vest ved UTM 32, 620414,

Detaljer

Vestlandet. Skjøtselsplan for Syltesetra: Hagan, Fræna kommune, Møre og Romsdal fylke. Bioreg AS Rapport 2013 : 22

Vestlandet. Skjøtselsplan for Syltesetra: Hagan, Fræna kommune, Møre og Romsdal fylke. Bioreg AS Rapport 2013 : 22 1 Vestlandet Skjøtselsplan for Syltesetra: Hagan, Fræna kommune, Møre og Romsdal fylke. Bioreg AS Rapport 2013 : 22 2 BIOREG AS R apport 2 01 3 : 22 Utførende institusjon: Bioreg AS http://www.bioreg.as/

Detaljer

Risingskurs Luster 2012

Risingskurs Luster 2012 Risingskurs Luster 2012 16.03.2012 Dette dokumentet er ein grov rekonstruksjon av føredraga og diskusjonane som gjekk under kurset i Marifjøra i mars. Illustrasjonar og fakta er henta frå dei ulike presentasjonane.

Detaljer

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune. Dykkar ref.: «REF» Vår dato: 06.02.2014 Vår ref.: 2014/1051 Arkivnr.: 432.4 Oddmund Hognestad 4346 Bryne Postadresse: Postboks 59 Sentrum, 4001 Stavanger Besøksadresse: Lagårdsveien 44, Stavanger T: 51

Detaljer

Skjøtselplan for Sivik slåttemark, Risør kommune, Aust-Agder fylke.

Skjøtselplan for Sivik slåttemark, Risør kommune, Aust-Agder fylke. Sørlandet Skjøtselplan for Sivik slåttemark, Risør kommune, Aust-Agder fylke. Sivik slåttemark fotografert fra hovedhuset på gården. Slåttemarka ligger i tilknytning til Eplekjelleren (rød bygning) og

Detaljer

Skjøtselplan for Øverfossmyra, slåttemyr 1, Røyrvik kommune, Nord-Trøndelag fylke.

Skjøtselplan for Øverfossmyra, slåttemyr 1, Røyrvik kommune, Nord-Trøndelag fylke. Midt-Norge Skjøtselplan for Øverfossmyra, slåttemyr 1, Røyrvik kommune, Nord-Trøndelag fylke. Figur 1: Restar etter stakk på Øverfossmyra. Bildet tatt fra UTM 32 7 204 602-719 795 FIRMANAVN OG ÅRSTALL:

Detaljer

Skjøtselplan for Kustakkslettet og Femstakkmyra, slåttemyr 1, Røyrvik kommune, Nord-Trøndelag fylke.

Skjøtselplan for Kustakkslettet og Femstakkmyra, slåttemyr 1, Røyrvik kommune, Nord-Trøndelag fylke. Midt-Norge Skjøtselplan for Kustakkslettet og Femstakkmyra, slåttemyr 1, Røyrvik kommune, Nord-Trøndelag fylke. Figur 1: Kustakkslettet, UTM 32 7205 042 720 284 FIRMANAVN OG ÅRSTALL: Norsk Landbruksrådgiving

Detaljer

Skjøtselsplan for Gravdhaug (BN00068544) Verdifull slåttemark (A) i Romsdalen landskapsvernområde (VV00002447)

Skjøtselsplan for Gravdhaug (BN00068544) Verdifull slåttemark (A) i Romsdalen landskapsvernområde (VV00002447) Skjøtselsplan for Gravdhaug (BN00068544) Verdifull slåttemark (A) i Romsdalen landskapsvernområde (VV00002447) Fylkesmannen i Møre og Romsdal, 20.11.2010 Rauma kommune, 27.04.2011 Kontaktutvalet for Reinheimen,

Detaljer

Kulturhistoriske registreringar

Kulturhistoriske registreringar Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar på Vetlebotn Gnr 272 og 275 Myrkdalen Voss kommune Rapport 7 2004 Rapport om

Detaljer

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Målet med reportasjen er å setje fokus på praktiske løysingar for oppstalling av frisk kalv, god avdrått og avkastning med mjølkeproduksjon

Detaljer

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Nordland fmnopost@fylkesmannen.no 24. mai 2016 Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Vi viser til vedtak i sak 2016/2718 den

Detaljer

på Åkre nordre i Svartdal Skjøtselsplan for slåttemark Kulturlandskapssenteret i Telemark

på Åkre nordre i Svartdal Skjøtselsplan for slåttemark Kulturlandskapssenteret i Telemark Skjøtselsplan for slåttemark på Åkre nordre i Svartdal Kulturlandskapssenteret i Telemark 2010 Kulturlandskapssenteret 3690 Hjartdal post@kulturlandskapssenteret.no 97187758 Skjøtselsplan for slåttemark

Detaljer

Klage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune

Klage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Vest-Agder fmvapostmottak@fylkesmannen.no 19. februar 2015 Klage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune Vi viser til vedtak

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter. KONTSTRIKKING I kontstrikking strikkar ein rute for rute omgangen rundt frå kant til kant i plagget ruterekkje for ruterekkje. Maskane på ei strikka rute blir verande på siste pinne og ein går rett over

Detaljer

Overvaking av slåttemarka i Gjuvslandslia

Overvaking av slåttemarka i Gjuvslandslia Overvaking av slåttemarka i Gjuvslandslia - variasjonar og endringar Mary Holmedal Losvik På ein av teigane i Gjuvslandslia i Kvinnherad finn vi den mest artsrike slåttemarka i Hordaland, landskapsvernområdet

Detaljer

Skjøtselplan for Skardalen 03, slåttemark

Skjøtselplan for Skardalen 03, slåttemark Ecofact rapport 237 Skjøtselplan for Skardalen 03, slåttemark Gunn-Anne Sommersel www.ecofact.no ISSN: 1891-5450 ISBN: 978-82-8262-235-6 Skjøtselplan for Skardalen 03, slåttemark Ecofact rapport: 237 www.ecofact.no

Detaljer

Skjøtselsplan for slåttemarka på Bergene nordre i Etnedal kommune i Oppland.

Skjøtselsplan for slåttemarka på Bergene nordre i Etnedal kommune i Oppland. Skjøtselsplan for slåttemarka på Bergene nordre i Etnedal kommune i Oppland. Utarbeidet i forbindelse med handlingsplanen for slåttemark i Oppland fylke. Utarbeidet av Dokkadeltaet Nasjonale Våtmarkssenter

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 12.10.2015 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Variasjon i ventetider og fristbrot ARKIVSAK: 2015/2228 STYRESAK: 107/15 STYREMØTE: 10.11.

Detaljer

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

SAMLET SAKSFRAMSTILLING SURNADAL KOMMUNE SAMLET SAKSFRAMSTILLING LOKAL FORSKRIFT OM SPREIING AV GJØDSELVARER M.V. AV ORGANISK OPPHAV I SURNADAL Saksbehandler: Mona Rosvold Arkivsaksnr.: 05/02177 Arkiv: V33 &00 Saksnr.: Utvalg

Detaljer

?1-$"+&4;42')#.%)F6,'(%,()+4@""&62%1C)K,''&%)1.6M 6,'&C):;;42'()#V41&I)

?1-$+&4;42')#.%)F6,'(%,()+4@&62%1C)K,''&%)1.6M 6,'&C):;;42'()#V41&I) ?1-$"+&4;42')#.%)F6,'(%,()+4@""&62%1C)K,''&%)1.6M 6,'&C):;;42'()#V41&I) BCa"9RE]9:RR"-8S8CSBXb"9]8

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Skjervheim 279 1/6. Moderne gardsdri i pakt med kulturlandskapet. Myrkdalen Voss kommune

Skjervheim 279 1/6. Moderne gardsdri i pakt med kulturlandskapet. Myrkdalen Voss kommune Skjervheim 279 1/6 Moderne gardsdri i pakt med kulturlandskapet Myrkdalen Voss kommune Kulturlandskapsprisen for Hordaland 2012 Garden Historie Gardsnamnet Skjervheim med endinga heim vitnar om gamal busetnad.

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

KLAGE LØYVE TIL UTSETTING AV UTANLANDSKE TRESLAG TIL JULETREPRODUKSJON PÅ EIGEDOMEN GNR. 110, BNR 49 I KRISTIANSAND KOMMUNE

KLAGE LØYVE TIL UTSETTING AV UTANLANDSKE TRESLAG TIL JULETREPRODUKSJON PÅ EIGEDOMEN GNR. 110, BNR 49 I KRISTIANSAND KOMMUNE Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Vest-Agder fmvapostmottak@fylkesmannen.no 20. januar 2015 KLAGE LØYVE TIL UTSETTING AV UTANLANDSKE TRESLAG TIL JULETREPRODUKSJON PÅ EIGEDOMEN GNR. 110, BNR 49 I KRISTIANSAND

Detaljer

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar, Konglesanking Trea i skogen formeirer seg ved å spreie frøa sine med vinden utover skogbotnen. Dei fleste landar «på steingrunn» og berre ein svært liten del av frøa veks opp til eit nytt tre. For å sikre

Detaljer

Skjøtselsplan for Vardøhus, slåttemark

Skjøtselsplan for Vardøhus, slåttemark Ecofact rapport 292 Gunn-Anne Sommersel www.ecofact.no ISSN: 1891-5450 ISBN: 978-82-8262-290-5 Ecofact rapport: 292 www.ecofact.no Referanse til rapporten: Sommersel. G.-A., 2013. Skjøtselsplan for Vardøhus,

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting Bakgrunn Frå ulikt hald har vi fått signal om at det er ønskjeleg med ei omstrukturering av HMSdokumentasjonen

Detaljer

G A M A L E N G K U L T U R

G A M A L E N G K U L T U R Norsk etnologisk gransking Emne nr. 12 Oktober 1948 G A M A L E N G K U L T U R Den gjennomgripande utviklinga i jordbruket dei siste mannsaldrane har ført med seg store omskifte når det gjeld engkulturen.

Detaljer

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune. Førde, 24.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av 19.11.2014

Detaljer

Øyvind Vatshelle, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland. Re-registrering av slåttemark i Naturbase Lindås kommune, Hordaland 2010

Øyvind Vatshelle, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland. Re-registrering av slåttemark i Naturbase Lindås kommune, Hordaland 2010 Øyvind Vatshelle, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland Re-registrering av slåttemark i Naturbase Lindås kommune, Hordaland 2010 1 Innleiing Kartlegginga er gjort på førespurnad frå Fylkesmannen i Hordaland

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Unngå inngrep i viktige naturområde og ivareta viktige, økologiske funksjonar.

Unngå inngrep i viktige naturområde og ivareta viktige, økologiske funksjonar. Biologisk mangfald Mål Unngå inngrep i viktige naturområde og ivareta viktige, økologiske funksjonar. Status Jernbaneverket arbeider kontinuerleg med å handtere konfliktar mellom biologisk mangfald og

Detaljer

VOLLASETRA I SUNNDAL

VOLLASETRA I SUNNDAL VOLLASETRA I SUNNDAL Side 1 Skjøtsel 2012 Denne rapporten er ein oppfølgjer av ein liknande rapport frå 2011 og bygger direkte på denne. Rapporten er skriven av Øystein Folden. Side 2 Slått blei i 2012

Detaljer

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå. 13. POLYGONDRAG Nemninga polygondrag kjem frå ein tidlegare nytta metode der ein laga ein lukka polygon ved å måle sidene og vinklane i polygonen. I dag er denne typen lukka polygon lite, om i det heile

Detaljer

Turmål Vestre Slidre kommune - 2012 1. Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Turmål Vestre Slidre kommune - 2012 1. Eggjiåsen 910 moh 10 poeng 1. Eggjiåsen 910 moh 10 poeng Kjør vegen over Eggjiåsen mot Beitostølen. På toppen av Eggjiåsen parkerar du ved lysløpeanlegget og følgjer turmålskilt derifrå mot kommunegrensa til Vang kommune. GPS-koordinatar:

Detaljer

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato

Detaljer

Skjøtselsplan for beitemarkene på Indrevær og Utvær

Skjøtselsplan for beitemarkene på Indrevær og Utvær Skjøtselsplan for beitemarkene på Indrevær og Utvær Solund kommune i Sogn og Fjordane Figur 1 Larsen, B. H. & Gaarder, G. 2007. Skjøtselsplan for beitemarkene på Indrevær og Utvær, Solund kommune i Sogn

Detaljer

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Bustadområde i sentrum. Vurdering Bustadområde i sentrum Vurdering Balestrand 10.10.2009 Gode bustadområde i Balestrand sentrum Kommuneplan, arealdelen Status I. Sentrumsnære buformer For Balestrand sentrum er det gjeldande reguleringsplanar

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00 Møteinnkalling Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00 Eventuelt forfall må meldast snarast. Vararepresentantar møter etter nærare beskjed.

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU Møteinnkalling Stølsheimen verneområdestyre - AU Utval: Møtestad: Fjordsenteret, Aurland Dato: 30.09.2014 Tidspunkt: 11:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post fmsfano@fylkesmannen.no.

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Skjøtselsplan for Hoatrøenget og Knedalsenget, slåttemyr i Kvamsfjellet, Steinkjer kommune, Nord-Trøndelag fylke.

Skjøtselsplan for Hoatrøenget og Knedalsenget, slåttemyr i Kvamsfjellet, Steinkjer kommune, Nord-Trøndelag fylke. Midt-Norge Skjøtselsplan for Hoatrøenget og Knedalsenget, slåttemyr i Kvamsfjellet, Steinkjer kommune, Nord-Trøndelag fylke. FIRMANAVN OG ÅRSTALL: NTNU Vitenskapsmuseet, Seksjon for naturhistorie 2015

Detaljer

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012 Om Øving Lyneld Øving Lyneld er primært ei varslingsøving som Fylkesmannen i Hordaland gjennomfører med ujamne mellomrom for å teste beredskapsvarslinga til kommunane i Hordaland og Hordaland fylkeskommune.

Detaljer

SLÅTTEMARK. SØKBARE EGENSKAPER (for Naturbase) *OMRÅDEBESKRIVELSE (For Naturbase og som grunnlag for skjøtselsplanen) *Navn på lokaliteten.

SLÅTTEMARK. SØKBARE EGENSKAPER (for Naturbase) *OMRÅDEBESKRIVELSE (For Naturbase og som grunnlag for skjøtselsplanen) *Navn på lokaliteten. SLÅTTEMARK. SØKBARE EGENSKAPER (for Naturbase) *Navn på lokaliteten Kleiva *Kommune Sør-Aurdal *Områdenr. 3014 ID i Naturbase *Registrert i felt av: Geir Høitomt *Dato: 11.7.2012 Eventuelle tidligere registreringer

Detaljer

Skjøtselsplan for slåttemark på Bøllås, Hjartdal

Skjøtselsplan for slåttemark på Bøllås, Hjartdal Skjøtselsplan for slåttemark på Bøllås, Hjartdal Kulturlandskapssenteret i Telemark 2010 Kulturlandskapssenteret 3690 Hjartdal post@kulturlandskapssenteret.no 97187758 Skjøtselsplan for slåttemark på Gnr.

Detaljer

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

SAMLA SAKSFRAMSTILLING Side 1 SAMLA SAKSFRAMSTILLING Arkivsak: 05/1508-9606/08 Saksbeh.: Berit Marie Galaaen Arkivkode: PLAN 301/1 Saksnr.: Utval Møtedato 82/08 Formannskap/ plan og økonomi 05.06.2008 43/08 Kommunestyret 19.06.2008

Detaljer

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013 Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013 Rogaland skognæringsforum 1 1. Innleiing Arbeidet med Regionalt bygdeutviklingsprogram er forankra i Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken.

Detaljer

Vurdering av allianse og alternativ

Vurdering av allianse og alternativ Leiinga Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda postmottak@hivolda.no www.hivolda.no

Detaljer

Forslag frå fylkesrådmannen

Forslag frå fylkesrådmannen TELEMARK FYLKESKOMMUNE Hovudutval for kultur Forslag frå fylkesrådmannen 1. Telemark fylkeskommune, hovudutval for kultur gir Norsk Industriarbeidarmuseum og Vest Telemark Museum ei samla tilsegn om kr

Detaljer

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet. Frå Den Norske Veterinærforening Til Norges Bondelag v/ forhandlingsutvalget til jordbruksforhandlingane 05.03.14 Kontaktmøte før jordbruksforhandlingane 2014 Moderne husdyrproduksjon skjer i tett samarbeid

Detaljer

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her

Detaljer

OVERORDNA STRATEGI FOR HJORTEFORVALTINGA

OVERORDNA STRATEGI FOR HJORTEFORVALTINGA OVERORDNA STRATEGI FOR HJORTEFORVALTINGA I BALESTRAND 2011-2013 Ei nasjonal omlegging av forvaltning av vilt- og fiskeressursane har pågått dei siste åra. Den langsiktige målsettinga er at innan 2006 skal

Detaljer

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009 1 PROTOKOLL Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009 L01/09 Oppnemning av møteleiar, referent, tellekorps og to personar til å skriva under landsmøteprotokollen.

Detaljer

Kartlegging av eng ved Furumo, Ski

Kartlegging av eng ved Furumo, Ski Kartlegging av eng ved Furumo, Ski Arne E. Laugsand BioFokus-notat 2015-22 Ekstrakt Furumo Eiendomsselskap AS planlegger et utbyggingstiltak med tett lav bebyggelse i et område ved Eikjolveien i Ski kommune.

Detaljer

Skjøtselsplan for slåttemark på Vaktdalen. Os kommune, Hordaland.

Skjøtselsplan for slåttemark på Vaktdalen. Os kommune, Hordaland. Skjøtselsplan for slåttemark på Vaktdalen. Os kommune, Hordaland. Vestlandet NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING HORDALAND 2011 ØYVIND VATSHELLE OPPDRAGSGIVER: FYLKESMANNEN I HORDALAND LITTERATURREFERANSE: Vatshelle,

Detaljer

Turmål 2009 - Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Turmål 2009 - Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh) 1 Bergstjednet (856 moh) Posten er sett opp ved nordenden av Bergstjednet (856 m.o.h.), som er det einaste tjednet på Slidreåsen/Magistadåsen. Parker ved fylkesvegen over Magistadåsen der skogsbilvegen

Detaljer

Status for skogen i Sogn og Fjordane etter Dagmar. Skogens rolle i klimatilpasning og beredskap. Torkel Hofseth Fylkesskogmeister

Status for skogen i Sogn og Fjordane etter Dagmar. Skogens rolle i klimatilpasning og beredskap. Torkel Hofseth Fylkesskogmeister Status for skogen i Sogn og Fjordane etter Dagmar Skogens rolle i klimatilpasning og beredskap Torkel Hofseth Fylkesskogmeister Til saman 16,1 millionar i ekstra støtte over Landbruksdepartementets

Detaljer

Registrering av kystlynghei. Horgo, Austevoll

Registrering av kystlynghei. Horgo, Austevoll Registrering av kystlynghei Horgo, Austevoll Aase Nøtttveit, SFLMK, 29.10.2008 2004/2005: ytre Sunnhordland, : Sveio Bømlo Stord Fitjar Austevoll Geitaråsen, Sveio Midt- og Nordhordland, 2008/2009: Sund

Detaljer

SLÅTTEMARK. SØKBARE EGENSKAPER (for Naturbase) *OMRÅDEBESKRIVELSE (For Naturbase og som grunnlag for skjøtselsplanen) *Navn på lokaliteten.

SLÅTTEMARK. SØKBARE EGENSKAPER (for Naturbase) *OMRÅDEBESKRIVELSE (For Naturbase og som grunnlag for skjøtselsplanen) *Navn på lokaliteten. SLÅTTEMARK. SØKBARE EGENSKAPER (for Naturbase) *Navn på lokaliteten Jordet nordre *Kommune Sør-Aurdal *Områdenr. 3004 ID i Naturbase *Registrert i felt av: Geir Høitomt *Dato: 27.6.2012 Eventuelle tidligere

Detaljer

Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Kjære alle! Gratulerer alle med dagen. Dette er ein merkedag for bevaringstenestene både her i fylket og nasjonalt! Hordaland

Detaljer

Skjøtselplan for Drogsetsætra slåttemark, Meldal kommune, Sør-Trøndelag fylke.

Skjøtselplan for Drogsetsætra slåttemark, Meldal kommune, Sør-Trøndelag fylke. Midt-Norge Skjøtselplan for Drogsetsætra slåttemark, Meldal kommune, Sør-Trøndelag fylke. Figur 1. Øvre halvdel av slåttemarka på Drågsetsætra. Bilde tatt mot nord-øst. Foto: Steinar Vatne FIRMANAVN OG

Detaljer

Torkjell Ljone Torgeir Døssland Torgeir Døssland 1. BAKGRUNN OG SYNFARING... 1 2. TILHØVE OG STABILITET... 2 3. TILTAK... 2

Torkjell Ljone Torgeir Døssland Torgeir Døssland 1. BAKGRUNN OG SYNFARING... 1 2. TILHØVE OG STABILITET... 2 3. TILTAK... 2 NOTAT nr 1 Gjelder: Volda Prosj.nr. : 2011117-1 Revisjon : Dato : 16.11.2011 Utført av: Kontrollert av: Godkjent av: Torkjell Ljone Torgeir Døssland Torgeir Døssland INNHALD Side 1. BAKGRUNN OG SYNFARING...

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32 Saksframlegg Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32 Christian Frøyd - Søknad om oppføring av ny garasje og fasadeendring, gbnr. 21/48 -Ny handsaming. * Tilråding: Forvaltningsutvalet

Detaljer

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk Søk regionale miljøtilskudd elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne folderen er det ei skildring av korleis

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG Avlingsregistrering økologiske eplefelt Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane, Marianne Bøthun Norsk Landbruksrådgiving Hordaland, Liv Lyngstad Norsk Landbruksrådgiving Viken, Gaute Myren 1 BAKGRUNN

Detaljer

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING Utval Møtedato Saknr Saksh. Styringsgruppe for kommuneplanarbeid 03.01.2011 001/11 ANB Styringsgruppe for kommuneplanarbeid 22.02.2011 005/11 ANB Sakshandsamar: Annbjørg Bue

Detaljer

Kvalitetsutvikling i haustbeite - rapport til deltakande NLR-einingar

Kvalitetsutvikling i haustbeite - rapport til deltakande NLR-einingar 1 Kvalitetsutvikling i haustbeite - rapport til deltakande NLR-einingar Anne Kjersti Bakken og Anne Langerud, Bioforsk Midt-Norge, Kvithamar. Mål for undersøkinga I forsøksplanen for denne serien vart

Detaljer