Lars Amund Vaage SORG OG SONG. Tankar om forteljing. Essay FORLAGET OKTOBER

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Lars Amund Vaage SORG OG SONG. Tankar om forteljing. Essay FORLAGET OKTOBER"

Transkript

1

2 Lars Amund Vaage SORG OG SONG Tankar om forteljing Essay FORLAGET OKTOBER 2016

3 For lenge sidan, på den tida eg debuterte som forfattar, vart eg far til ei sterkt funksjonshemma jente. Livet blei snudd på hovudet. Det å få ansvar for eit hjelpelaust menneske fylte netter og dagar, styrte tankeverda, knuste dei indre landskapa og bygde dei opp igjen, langt borte. Men det var vanskeleg å skriva om det. Ikkje før i 2012 gav eg ut Syngja, ein roman om ein aldrande forfattar og den språklause dotter hans. Først ville eg ikkje skriva om barnet, for det var ikkje noko gale med henne. Ho var berre litt sein. Fagfolka tok feil, tenkte eg, igjen og igjen, og eg venta, på sanningstimen, den morgonen då barnet skulle kunna snakka, men han kom ikkje. Så ville eg ikkje skriva om barnet fordi temaet kunne bli for stort for meg. Eg frykta at barnet så å seia kunne gøyma dei litterære freistnadene mine, skyggja over meg som forfattar. Eg ville bli sett som kunstnar, ein som hadde eit litterært språk, og ikkje ein slik som kom med ei einaste stor sak, ein tung lagnad. Eg ville vera ein som kunne skriva om alt og ingenting. Det fanst jo ei heil verd å skriva om! Eg ville ikkje vera autismens diktar. Men då desse tankane forlét meg, etter mange år, blei borte for meg utan at eg tok eit oppgjer med dei, og det steig fram ein vilje i meg til å skriva om det som hadde hendt oss, fordi eg no eingong var forfattar og hadde desse uvanlege røynslene, måtte eg innsjå at eg ikkje hadde eit språk som kunne bera fram slike røynsler. Når eg såg inn i meg sjølv, fanst det ingen tankar om det funksjonshemma barnet eg kunne vedkjenna meg, andre enn dei eg hadde formulert for lenge sidan, og dei hadde støva ned, var blitt mygla i kantane. Eg trudde ikkje eg hadde noko å seia om barnet, for eg fekk ikkje auga på noka utvikling hos meg sjølv på dette feltet. Slik barnet stod i ro, kvar dag var den andre lik, var eg også hamna i endringsløysa når det galdt situasjonen vår. Det undergrov trua på at eg kunne skapa eit

4 diktverk av dette stoffet. Endåtil då eg gjekk til arbeidsrommet, fordi eg hadde fått eit par setningar i hovudet og skulle til å skriva ned det som kom til å bli opninga av Syngja, såg eg berre eit tomt, grått rom inne i meg der romanlandskapet skulle ha vore. Eg hadde ingen tankar om korleis boka skulle skrivast. Eg hadde hatt god tid på meg, nesten eit liv, men eg hadde ikkje planlagt handlinga eller konstruert personar. Eg hadde ikkje hatt språk for slikt i dette tilfellet, kanskje fordi eg kjende på at eg hadde svikta både barnet og meg sjølv. Og språket rømde inn i sine avkrokar. Men då eg la hendene på tastaturet og skreiv dei setningane som var komne til meg, hadde falle ned i meg frå Gud veit kor, gjekk det slik til at forteljinga heldt fram. Nye setningar kom, det opna seg rom i meg, eller utanfor meg, og eg trong ikkje streva eller leita etter orda. Det var som om romanen låg der og venta på meg, ferdig, ville berre bli skriven, ville møta meg, oppmuntra meg, så gale det enn var. Det var ikkje vanskeleg å skriva om dette tragiske og tunge. Heller ikkje var det vondt å koma inn på mine eigne tilkortkomingar. Det var trist, dette med barnet og korleis det hadde gått med oss. Men kunne ein laga ein roman av det, var det kanskje ikkje så ille likevel? Det var verkeleg eit plaster på såret, forfattarens triumf; ingenting er så gale at ein ikkje kan skriva om det, forma det, lata det lysa, lata det gråta mot lesarane, slik at dei kan bli løfta. Eg skreiv romanen utan å stoppa eller nøla, stort sett så fort fingrane kunne fara over tastaturet, eitt kapittel for dagen, og då eg sette punktum for siste gong, trong eg ikkje endra på noko, alt var som det skulle, utan at eg visste korleis dette hadde gått til. Kunne ein skriva ein roman på denne måten, så fort og «gale»? Det hadde eg aldri gjort før i mine mange år som skrivande. No spør eg meg korleis eg kunne vita så lite om meg sjølv som forfattar. I forlenginga av spørsmålet stig humøret, for det er frydefullt å

5 oppdaga noko nytt ved seg sjølv. Kva anna nytt finst det å snubla over i den indre skogen? Kva for andre romanar har eg liggjande djupt i ei lomme? Slik kan ein spørja og kjenna seg uferdig og fylt av håp! Samstundes leikar ein trugande tone for øyro. Eit spørsmål som er vanskelegare å handtera, melder seg. Korleis kunne eg ha så lite språk for lidingane til barnet så lenge? Og kvifor hadde eg ikkje språk for mine eigne kjensler i den samanhengen? Eg er ikkje berre ein etablert, kritikarrost forfattar, ein medlem i kultureliten, men også eit veikt medmenneske, eit hjelpetrengande offer. Det var stemma for det veike, og for den veike, som tagde i meg. Hadde eg kanskje ikkje språk for det veike i meg? Eg fann eit språk, eller språket fann meg, slik at eg kunne fortelja om nokre, for meg, viktige røynsler. Etter skrivinga av Syngja kjende eg meg endra, men også vaklevoren. Brått visste eg mindre om meg sjølv enn eg hadde trudd. Då boka var komen ut, reiste eg mykje rundt og heldt føredrag om boka og bakgrunnen for henne. Eg kjende, under og etter desse føredraga, at orda mine fann gjenklang hos publikum, og ikkje berre hos dei som hadde born med autisme. Eg fekk kjensla av at eg hadde funne ord for det språklause, veike, som fleire tok til seg. Det var som om eg fortalde på vegner av mange. Eg bar fleire historier enn mi eiga, der eg stod og heldt føredrag. Å skriva Syngja var å gi seg over til ei rørsle ned og under det eg trudde var meg, og det eg trudde var stoffet mitt som forfattar. Det er godt å vera diktar når ein kan finna nye ord og får kjensla av å ha noko viktig på tunga. Og det er klart at denne reisa, denne overraskande rørsla som samstundes går bort frå ein sjølv og ned i ein sjølv, kan vera ein karakteristikk av dikting og kanskje skapande arbeid i det heile. I skrivinga av Syngja var nok denne kjensla av overrasking særleg sterk, fordi der, midt inne i skriveverda mi, stod det vakre, funksjonshemma barnet og smilte. Stoffet vart nært og framandt på same tid.

6 Det å skriva og å gi ut Syngja fekk meg til å lura på om det finst slike stengde, stille rom i heile samfunnslekamen og ikkje berre i meg. Korleis står det til med det tagale, det ufortalde, det som mange kanskje har gløymt at dei ville fortelja, for det kom ei redsle over dei, og dei hugsa ikkje lenger det som hadde hendt dei, såra dei, uroa dei langt ned i sjela, slik at språket forlét dei? Ser ein slik på det, må det vera eit samfunnsansvar å lytta til dei som ikkje kan fortelja, eit ansvar dei utan makt, dei som ikkje kan så mykje, kall dei gjerne dei funksjonshemma, kan minna oss om. Korleis har det påverka forfattarskapen min å leva så nær eit menneske med autisme? Spørsmålet er ikkje enkelt å svara på, heller ikkje for meg som sit midt oppe i det. Grensa for kva eg forstår i meg sjølv, viser seg klart i dette tilfellet. Lesarar av bøkene mine har peika på at språkløyse, meiningstap, einsemd og lengt ut av isolasjon er sentrale tema i forfattarskapen. Og eg trur at dei har rett. Mange vil kjenna seg igjen i slike stoffområde, og dei kan drøftast utan at ein kjem inn på diagnosar eller psykiske funksjonshemmingar. Samstundes er det klart at slike drøftingar kan føra oss rett inn i kjernen av det me oppfattar som den autistiske tilstanden. Autismen har vore meir enn eit bakteppe for meg gjennom heile livet som skrivande. Men like sikkert er det at om eg tenkjer tilbake på tida før autismen råka oss, var eg opptatt av dei same menneskelege og sosiale spenningsfelta. Kjensla av å ikkje høyra til var alltid sterk. Sjølv om autismen ikkje hadde vore der, som målestokk og reiskap for erkjenning, ville somme av dei same raude trådane likevel ha kome med i skrivinga. Det er eg ikkje i tvil om. Men eg veit, djupt i sjela, at autismen har hatt ein avgjerande innverknad på meg og skrifta mi. Det er paradoksalt, men samstundes godt å tenkja på, at karakteren og forma til denne innverknaden er umogeleg å sirkla inn. Ein tanke arbeidet med Syngja gav meg, og som eg ikkje har blitt

7 ferdig med, er at det skjedde ei slags språkleg innkapsling av noko av det som hadde med det autistiske barnet å gjera. Ein del av livet med barnet lét seg ikkje nå med språk, korkje i kvardagslege møte eller i samtalar i hjelpeapparatet, og heller ikkje i skrift. Det ser ut for meg som om røynslene med autismen kom til å tyda inspirasjon til nytt språk, men også, forunderleg nok, tap av språk. Autismen forma forfattarskapen på mange måtar, men noko av denne forminga innebar altså det stumme. Og dette stumme vil eg prøva å fortelja om. Det stumme åt seg inn i meg, som om autismen smitta, både i det munnlege, kvardagslege språkarbeidet og i den litterære verksemda. Det er vel rett å seia at det også prega tankeverda. Somme tankar blei utenkjelege. Det er i lys av denne innkapslinga av språk me kan forstå kvifor skrivinga av Syngja likna på ein flaum, eit ras. Det strenge språklege regimet som omgav autismen, mista av ein eller annan grunn makta si, og det lenge tilbakehaldne, det nedtrykte og det gløymde, kom fossande fram. Då lærte eg noko viktig om meg sjølv. Eg hadde trudd eg var stagnert og ureflektert, hadde få tankar om autismen, og dette gjorde at eg ikkje kunne skriva om saka. Men slik var det jo ikkje. Det prova eg vel då eg skreiv Syngja. Tankane var der, dei hadde vore der lenge. Eg hadde berre ikkje sett dei. Me kan ha tankar som me ikkje oppdagar. Eller me kan vurdera eigne tankar urimeleg strengt, i ei destruktiv, utviskande rørsle. Utan at eg visste det, eller var i stand til å sjå det, hadde tankar om autismen arbeidd i meg, for seg sjølve, flittige. Dei hadde vakse seg sterke, og no kom dei fram til overflata. Det var berre å skriva dei ned. Så feil kan ein altså ta, og likevel ha rett! Eg seier at eg skreiv Syngja fort, men slik var det ikkje. Eg skreiv det meste av romanen medan eg ikkje trudde at eg kunne skriva han. Det var ei innkapsling av språk om barnet. Eg spør meg: Kvifor oppstod denne innkapslinga? Kva er det med det funksjonshemma barnet

8 som verkar så sterkt i oss at røynslene både stengjer og forløyser, både bind og gjer fri? Eg leitar etter svar på slike spørsmål mange stader, i meg sjølv, hos andre, i samfunnet rundt oss. Eg tenkjer også på somme av bøkene eg har skrive. Eg minnest skriveopplevingar, skriveprosessar, og undrast på når autismen var der, under skrivinga, og når tanken på han ikkje kom. Når var eg fri til å skriva om denne gåtefulle tilstanden? Eg vil ikkje eingong prøva å gi uttømande eller fullstendige analysar av eigne bøker. Eg veit så inderleg godt at eg ikkje kan det. Det er vel ikkje å ønskja heller, at ein forfattar skal gi seg inn på slike freistnader. Er det i det heile mogeleg å analysera bøker uttømande? Det finst kritikarar som har sagt at bøkene mine er særleg vanskelege å gripa med analytiske reiskapar fordi måten dei er skrivne på, tonen og stilen, er så avgjerande. Eg har tidlegare prøvd å gjera slike analysar, for min eigen del, under arbeidet med somme bøker, i ei tru på at eg med sjølvinnsikt og tankens kraft kunne løfta dei eit par hakk til. Men analysen min kjem alltid til kort, og eg må vedgå at det er noko anna eg må ty til, noko i tillegg til tanken, dersom eg skal føra tekstane mine heilt fram til den døra eg vil dei skal opna og gå inn. Skrivearbeid er einsamt arbeid. Det er ein stille monolog, der ein snakkar til seg sjølv og mediet, skjermen eller papiret. Det hender at ein kviskrar orda, før ein lèt dei forlata kroppen, gjennom hendene, men for det meste får munnen kvila, medan orda svevar ein stad inne i den som skriv, før han grip dei, eller blir gripen av dei, og hamrar dei ned i tastaturet. Lesekunsten trur han på, at det skal vera eit menneske der ute, ein eller annan stad, som tar imot arket som flyg i vinden. Ein interessert lesar skal koma, ein som vil strekkja seg etter arket, flyga med det, flyga saman med den som skriv, utan at den som skriv, veit det, utan at han nokon gong får sjå det. Men det er denne vona, dette mennesket han

9 tenkjer på, der han sit åleine langt borte og ikkje har anna enn ord. Kanskje ikkje eingong det. Den skrivande har kanskje ikkje ord. Han skriv til seg sjølv og eit menneske som kanskje ikkje er der, eit menneske han har dikta opp, like mykje som han diktar andre personar. Han skriv til ein som er ei von, ein skugge, og det hender han kan sjå dette mennesket, inne i seg sjølv, eller i rommet han sit i, om ein då med rom meiner noko anna enn det rommet han skriv i. Han skriv i eit rom han har dikta opp, eit rom blant menneska, som ei slags avdeling av ei større verksemd, samfunnet. Og i dette rommet, som ikkje finst, kan han stundom sjå eit menneske som heller ikkje finst. Han skriv til dette mennesket. Men kva som finst, og kva som ikkje finst, verkar ofte irrelevant for den som skriv. Skriv han godt, greier han å leva i det som ikkje finst, nesten som om det var verkeleg. Finst den skrivande sjølv når han går inn i denne leiken? Den flyktige leiken kan bli alvorleg, som om det var på liv og død. Det er ikkje alltid like lett å vera den som insisterer på, og krev respekt for, ein slik leik og eit slikt alvor. Det er som om diktaren løyser seg opp i det han skriv, som om han blir til luft og lys, eller eit pulver, som drys i lyset. Det er som om han nektar for den han er, ved hjelp av skrivinga. Det er kanskje nett derfor han skriv, han vil ikkje vera nokon, men endra på føresetnadene sine, skapa seg. Ja, han vil skapa seg sjølv fordi han ikkje vil vera den han er, han vil vera ein annan. Han vil vera den andre. Han vil vera det andre mennesket i rommet som ikkje finst. Slik håpar han å vera sjølvforsynt med lukke. Han vil vera andre menneske, stadig nye, i fantasien, og kan henda greier han det også. Han held stadig nye monologar i det rommet som rett nok er eit arbeidsrom, med skrivebord, stol og bøker, men samstundes eit fiktivt rom. Det er som om veggene smuldrar rundt han og han sit ute i eit ope landskap. Landskapet er audt og tomt, men det er

10 det som er vona! Det er det beste han kan håpa på. Det tome landskapet kan fyllast. Vel, lesaren kan koma, det kan ein ikkje sjå bort ifrå. Men så kan den som skriv, sjølv fylla landskapet, som nesten kan bli verkeleg, med fiktive personar. Og sanneleg, der kjem dronninga roande! Diktaren kjenner seg åleine. Han arbeider åleine, og han skriv mest om seg sjølv. Inst inne veit han at det er slik, utan omsyn til kva temaet måtte vera. Temaet ligg på overflata i teksten. Han er òg ganske sikker på at slik må det vera. Men han veit ikkje om folk rundt han forstår det. Folk ler kanskje litt av interessa hans for eige liv. Folk ser kanskje overberande på han der han kjem langs vegen. Kva er det for slags alvor han studerer vegkanten med, eller sine eigne skor? Han kjenner at han er på gyngande grunn. Han nektar gjerne for at det er seg sjølv han skriv om, i intervju han gir, men han veit ikkje om han blir trudd. Når han snakkar om dette, merkar han at stemma får ein hol klang. Alt er forma om, seier han, det han framstiller i boka, har nok ein biografisk bakgrunn, vedgår han, men det er knipe av, det har forlate utgangspunktet, blitt noko anna. Det er dette andre som ligg han så tungt på hjarta. Dette andre er på vikande front i samtalen om bøker, synest han. Dette andre blir ikkje sett, og dermed er han ingen. For dette andre er kunsten, faget, sjølve livsinnhaldet, det verdige, i den som skriv. Dette andre må vika for den eine, store interessa hos den som spør: Kva er røyndommen bak boka? Det vil ikkje diktaren ut med, for det blir fort ei antiforteljing, ei oppheving av forteljing, ei utradering av skrifta, ei fornekting av litterær tyngd og røyndom. Diktaren skriv alltid eit sjølvportrett. Det er ikkje sikkert han veit det. Kva er ein roman? Ein snakkar om handling, miljøskildring og personkarakteristikk. Ein ser etter bodskap og moral. Men det finst ein roman i romanen. Det finst eit tenkt byggverk som blir sett av den som skriv, og også stundom av den som les. Det finst eit abstrakt motstykke

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Tormod Haugland MØRK MATERIE Tormod Haugland MØRK MATERIE Roman FORLAGET OKTOBER 2015 TORMOD HAUGLAND Mørk Materie Forlaget Oktober AS 2015 Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg Exil Design hos OZ Fotosats AS Tilrettelagt for ebok

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Brannsår, rus eller friheit?

Brannsår, rus eller friheit? Brannsår, rus eller friheit? Eg la hendene bak ryggen og kneip meg sjølv i armen. Eg hadde førebudd meg på dette. Førebudd meg for den vonde heksa. Ho sat der, i sofaen, rusa. Alt var gitt opp, og no var

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

liv Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg.

liv Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg. Når eg blir større kan eg lese mykje om sånne ting som verdensrommet, om kva vi kan forstå og kva vi ikkje kan forstå, seier pappa. Det vil eg ikkje, seier eg. Då treng du ikkje gjere det heller, seier

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Ved Kari Vik Stuhaug Helsepedagogikk Helse Fonna 5. Mars 2015 09.03.2015 Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna 1 Kva gjer du når du får eit problem? Og kva

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette? Norsk etnologisk gransking Desember 1955 Emne nr. 53 TRESKING II I 1. Kva tid på året var det dei til vanleg tok til å treskja? Var det visse ting dei i så måte tok omsyn til, t. d. om kjølden var komen?

Detaljer

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman Carl Frode Tiller Innsirkling 3 Roman OM FORFATTEREN: Carl Frode Tiller (f. 1970) er ein av dei fremste forfattarane i norsk samtidslitteratur. For dei fire romanane Skråninga (2001), Bipersonar (2003),

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Er Jesus den einaste vegen til frelse? 1 Er Jesus den einaste vegen til frelse? Innleiing på opningsseminaret på Misjonsveka, MF, 5. Februar 2008 Munntleg form, Anne Anita Lillebø Takk for invitasjonen! Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Detaljer

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! 17. mai er annleis enn alle andre dagar. Ein stor bursdag der alle er inviterte, tenkjer Mina, medan

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål VINJE SKOLE SOM MUSEUM Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål Vinje skole som museum Innleiing Dette notatet er laga etter at eg på vegne av Sparbyggja fortidsminnelag (av Fortidsminneforeninga)

Detaljer

Månadsplan for Hare November

Månadsplan for Hare November Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse KOMPETANSEMÅL Generelt om naturfag: Kunnskap om, forståelse av og opplevelser i naturen kan fremme viljen til å verne om naturressursene, bevare

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Månen som ville lyse som ei sol (2012) av Elin Grimstad - og bruk av læringsvenn på 1. trinn PRESENTASJON AV BOKA: Kvifor er eg ikkje meir som sola?

Detaljer

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman Trude Teige Lene seg mot vinden Roman Om forfatteren: Trude Teige (f. 1960) har jobbet som politisk reporter, nyhetsanker og programleder i TV2. I 2002 debuterte hun med Havet syng, oppfølgeren Lene seg

Detaljer

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Det har vore eit flott halvår på raud gruppe. I gruppa har me 13 born, 10 jenter og 3 gutar, ein pedagog og ein assistent. Me har hatt tre studentar denne hausten.

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida

Detaljer

Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben

Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben Jon Fosse Trilogien Andvake Olavs draumar Kveldsvævd bokklubben Det Norske Samlaget 2014 Trilogien inneholder titlene Andvake (2007), Olavs draumar (2012) og Kveldsvævd (2014) De norske Bokklubbene AS,

Detaljer

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på studietur til Spydeberg De kan lesa meir om dokumentasjon av vandringar her: http://bibliotekarvandring.wordpress.com/2013/10/07/dokumentasjon-av-vandringa/

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

FANTASTISK FORTELJING

FANTASTISK FORTELJING FANTASTISK FORTELJING Leiken går ut på at alle som er med, diktar ei fantastisk forteljing. Ein av deltakarane byrjar på ein historie, men stoppar etter ei stund og let nestemann halde fram. Slik går det

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s.

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 1 INNHALDSLISTE 1. Forord s. 2 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 6 3. Ein av foreldra/føresette eller syskjen

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

Nokon kjem til å komme (utdrag)

Nokon kjem til å komme (utdrag) Jon Fosse (f. 1959) Nokon kjem til å komme (utdrag) I Nokon kjem til å komme av Jon Fosse møter vi et par som nettopp har kjøpt seg et hus på en bortgjemt plass. De flytter dit for å få tid alene sammen,

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

Treeiningssøndag. Ståle Aklestad. Preike Molde Domkirke 31.05.2015

Treeiningssøndag. Ståle Aklestad. Preike Molde Domkirke 31.05.2015 Ståle Aklestad Preike Molde Domkirke 31.05.2015 Treeiningssøndag Det er treeinigssøndag. Og vi skal langt bort. Og djupt ned i jorda. For i Roma, nede i ei av katakombane, som er tidlege, kristne gravplassar,

Detaljer

I N N H O L D. Forord

I N N H O L D. Forord BOKVENNEN 2012 I N N H O L D Forord Annlaug Selstø «Aläng» Ero Karlsen «Slutten på nysgjerrighet» Kjersti Kollbotn «Rom null-trettiåtte: Trøyst» Kristian Bjørkelo «Spegelen» Siri Katinka Valdez «Alle er

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

Eit vennskap Ellingsøy, 20.februar 2013

Eit vennskap Ellingsøy, 20.februar 2013 Eit vennskap Ellingsøy, 20.februar 2013 Frå eg var så lita at eg mest ikkje kan hugse det, likte eg at mor eller far leste høgt for meg. Eg ville gjerne høyre forteljingar og dikt om att og om att, til

Detaljer

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Matematisk samtale og undersøkingslandskap Matematisk samtale og undersøkingslandskap En visuell representasjon av de ulike matematiske kompetansene 5-Mar-06 5-Mar-06 2 Tankegang og resonnementskompetanse Tankegang og resonnementskompetansen er

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor

Detaljer

Demens i familien. Demenskonferansen 2015 12.mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Demens i familien. Demenskonferansen 2015 12.mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda Demens i familien Demenskonferansen 2015 12.mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda Korleis er det å leve med demens i familien? Finst mykje kunnskap

Detaljer

Med tre spesialitetar i kofferten

Med tre spesialitetar i kofferten Med tre spesialitetar i kofferten Av Eli Gunnvor Grønsdal Doktor Dorota Malgorzata Wojcik nøgde seg ikkje med å vere spesialist i eitt fag. Ho tok like godt tre. No brukar ho kunnskapen sin, ikkje berre

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8777-9

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8777-9 Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Stian Hole Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8777-9 Om denne boka Tidleg ein sommar flyttar Agnes og dottera Maja

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Månadens tema;.«nysgjerrigper» - vann, trafikk Månadens sang: To dråper vann Sosial kompetanse; Vennskap Fagområde: natur, miljø og teknikk og nærmiljø

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad Først i denne delen om Giske OS står skrive om korleis vi bygde stasjonsbygninga. Der står nemnt at vi rekna med

Detaljer

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

SUNDAG Morgonbøn (Laudes) SUNDAG Morgonbøn (Laudes) Inngang L Herre, lat opp mine lepper! A Så min munn kan lovprisa deg. A no og alltid og i alle Song Sal 93 I Herren råder, * han har kledd seg i høgd. II Herren har kledd seg

Detaljer

Originalens tittel: Cœur de Lion 2007, 2011 Ariana Reines/Fence Books Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no

Originalens tittel: Cœur de Lion 2007, 2011 Ariana Reines/Fence Books Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Originalens tittel: Cœur de Lion 2007, 2011 Ariana Reines/Fence Books Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Jesper Egemar Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8837-0

Detaljer

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald Innhald Introduksjon... 1 Teori... 2 Den første beskrivelsen... 2 Den sekundære betydinga... 2 Assosiasjonar... 3 Målgruppa... 4 Kvifor har dei gjort det slik, og kvifor seier bildet kva det seier?...

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera stille

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007 Rapport om målbruk i offentleg teneste 27 Institusjon: Adresse: Postnummer og -stad: Kontaktperson: E-post: Tlf.: Dato: Høgskolen i Sør-Trøndelag 74 Trondheim Lisbeth Viken lisbeth.viken@hist.no 7355927

Detaljer

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Jon Fosse. Andvake. Forteljing Jon Fosse Andvake Forteljing 2007 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Stian Hole/Blæst design Printed in Denmark Trykk og innbinding: Nørhaven Paperback AS, 2008 Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia,

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus. ORDNING FOR Gravferd frå kyrkje eller krematorium 1 Klokkeringing Medan det vert ringt saman, tek liturgen plass i koret. 2 Preludium Som preludium kan det framførast høveleg instrumentalmusikk, korsong

Detaljer

Setring ved Håbakkselet Hareid

Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet. Erling Hovlid og Einar Jacobsen Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet Steinar Hovlid (f. 1926) fortel til Leif Arne Grimstad om Håbakkselet i Vikebladet/Vestposten laurdag 22. desember

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź marit kaldhol det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź roman Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN 978-82-521-8437-2 Om boka

Detaljer

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Straumen går Vatnet kom som regn frå skyene det kom inn frå havet i tunge mørke skyer dei drog seg lågt inn over kysten og lét dropane falle det

Detaljer