Omfang og utvikling Social gaming

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Omfang og utvikling Social gaming"

Transkript

1 Omfang og utvikling Social gaming Notat frå Lotteritilsynet til Hamarutvalet juni Talet på spelarar i Noreg Til å berekne kor mange som spelar sosiale spel i Noreg nyttar Lotteritilsynet data frå tre kjelder: Universitetet i Bergen (UiB) sin rapport «Omfang av penge- og dataspillproblemer i Norge 2013» (mai 2014), Medietilsynet sin rapport «Barn og Medier 2014» (april 2014) og befolkningsdata frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) per 1. For å kunne sjå våre berekningar i ein europeisk samanheng har vi i tillegg sett til Schmid, Talos og Aquilina sin rapport «Social Gaming in Europe» (Desember 2012). Europeiske data har vi då sett i forhold til befolkningstal henta frå Eurostat. Undersøkinga til UiB omfatta hovudsakleg pengespel i tradisjonell forstand, men det var også med spørsmål om dataspel samt om spel via sosiale medier. Eitt av spørsmåla var: Hvor ofte spiller du spill via sosiale medier, som Facebook (f.eks. Candy Crush Saga, Farmville, Texas HoldEm eller Criminal Case)? Spørsmålet var stilt i del av spørjeskjema kalla «Andre spill». Denne delen var plassert mellom «Pengespill» og «Dataspill». Undersøkinga blei gjennomført i eit representativt utval av befolkninga, 16 til 74 år, og i alt personer svarte på spørjeskjemaet. Totalt var det i overkant av 20 prosent av som hadde spelt slike spel. Kvinner svarte oftare enn menn at dei hadde spelt, og yngre oftare enn eldre. I overkant av 15 prosent av kvinnene spelte ein eller fleire gonger per veke medan andelen for menn var nær 9 prosent. I aldersgruppa 16 til 25 år spelte nærare 27 prosent ein gong i veka eller oftare. Frå undersøkninga vil om lag nordmenn mellom 16 og 74 år ha spelt slike spel via sosiale medier som f.eks. Facebook. UiB hadde også eit spørsmål om kjøp av Facebook-kredittar eller virtuelle pengar for bruk i spel. Her kom det fram at fleire enn dei som hadde spelt via sosiale medier hadde kjøpt slike kredittar eller virtuelle pengar til å bruke i spel: Totalt 1,3 gonger så mange 1. Om vi multipliserer det opprinnelege anslaget på spelarar med 1,3 2 kan vi anslå at om lag personar spelar spel der dei kan betale i spel, men der ikkje alle spelar slike spel via dei mest brukte sosiale media som t.d. Facebook. Til samanlikning var det 37 % i undersøkinga som sa dei hadde spelt dataspel i løpet av det siste halvåret. Dette utgjer spelarar, men ikkje alle spel vil falle inn under omgrepet sosiale spel eller være spel der kan betalast undervegs i spelet 3. Spel på mobil eller nettbrett 1 28,8 % blant dei som hadde spelt slike spel via sosiale medier (utgjer om lag ), men 7,7 % i heile utvalet (utgjer om lag ). 2 Føreset her lik andel som betaler i spel uavhengig om via sosiale medier eller ikkje. 3 I spørjeskjema vart dataspill omtalt som «ulike typer elektroniske spill som spilles på PC eller på ulike spillkonsoller som Playstation, Xbox, PsP, Nintendo, Gameboy og liknende».

2 var ikkje inkludert i spørsmålsteksten. For å fange opp dei som er yngre enn 16 år har vi sett til Medietilsynets rapport Barn og Medier Rapporten baserer seg på ei kartlegging utført av IPSOS / MMI frå november 2013 til januar 2014, med svar frå barn på 71 skular rundt om i landet. Ei tilsvarande kartlegging vart gjort i Frå barneundersøkingane i 2012 og 2014 har vi berekna at 94 % av borna har spelt TV- eller PC-spel i I aldersgruppa 9 til 15 år vil dette utgjere om lag born som vil kome i tillegg til anslaga vi får frå UiB sin rapport. Rapportane til UiB og Medietilsynet er begge frå 2014, og gir ferske og representative data på speleåtferd i Noreg. Med utgangspunkt i rapportane kan vi anslå at over 1,5 millionar deltek i slike spel. Vi har likevel ikkje tal for kor mange born yngre enn ni år som spelar, men Medietilsynets rapport viser at andel som spelar er høgast blant 9 11 åringar der 98 % har spelt, mens andelen er 89 % blant åringar. Då må vi kunne slå fast at mange av dei som er yngre enn 9 år også spelar. Diagrammet under viser korleis spelarane fordeler seg på kjønn og kor ofte dei spelar 4. Mange spelar forholdsvis ofte, og kvinner noko oftare enn menn. Denne kjønnsforskjellen treng ikkje vere reell. Bl.a. fordi estimatet tek utganspunkt i spel via sosiale medier som f.eks. Facebook blant dei som er 16 år og eldre. Resultatet illustrerer likevel at speling er ein aktivitet for veldig mange, både kvinner og menn Spelarar 9-74 år, og kor ofte dei spelar (2013) Sjeldnare enn ein dag i månaden 1-3 dager per månad 1-2 dager per veke 3 dager per veke eller oftare Jenter og kvinner Gutar og menn ,5 millionar norske spelarar er eit forsiktig anslag. Dette får vi og ein indikasjon på dersom vi ser til internasjonale data i rapporten Social Gaming in Europe. Her er det estimert at om lag 196 millionar spelar slike spel i Europa i 2013, med 29 millionar i både Tyskland og Storbritannia, 24 millionar i Frankrike og 7 millionar i Nederland. 4 Medietilsynet sin rapport hadde andre kategoriar for kor ofte det blir spelt. Desse har vi tilpassa kategorisering som vart gjort i UiB sin rapport.

3 Vi har valt å samanlikne Noreg med desse fire landa fordi dei blant nemnde land i rapporten har forholdsvis høge estimat for andel spelarar i befolkninga (mellom 35 % og 45 %), og forholdsvis høg berekna omsetning per spelar ($ 4.40 til $ 5.60). Dersom desse landa hadde ei folkemengd som i Noreg ville det både i Tyskland og i Frankrike grovt sett vore 1,8 millionar spelarar, i Storbritannia 2,3 millionar og i Nederland 2,1 millionar. På grunnlag av manglande data om barn under 9 år og høgare estimat frå andre land vil vårt endelege estimat for tal spelarar vere om lag 2 millionar, noko som utgjer 40 prosent av befolkninga. Tal spelarar i Norge i 2013 Yngre enn 9 år ikkje kjend 9-15 år, (Medietilsynet 2014) år (UiB 2014) Spelt TV- eller PC spel, Alle typer: PC, konsoll, mobil/smarttelefon, Nintendo DS, Playstation PSP, Vita Spelt via sosiale medier som f.eks. Facebook, men inkl. påslag fordi fleire har kjøpt kredittar eller virtuell pengar enn dei som har spelt via slike sosiale medier år Medietilsynet og UiB 2014 Sum > Når vi ser til norske data Vårt estimat om lag Når vi samanliknar med utanlandske data og gir rom for spelarar yngre enn 9 år Omsetning i sosiale spel For å kunne seie noko om omsetninga må vi i mangel av norske data sjå til ulike kjelder både nasjonalt og internasjonalt. Frå rapporten Social Gaming in Europe kan estimert omsetning per spelar grovt bereknast til å utgjere om lag $ 5 per spelar i landa Tyskland, Frankrike, Storbritannia og Nederland. I ein rapport frå Gambling Commission (UK) «Exploring Social Gambling: Scoping, Classification and Evidence Review» (april 2014) er det anslått at årleg gjennomsnittleg omsetning per spelar (ARPU) er estimert til $ 2.60 i 2011 og stigande til $ 3.70 i Ei snittberekning vil her vere $ 3.15 for Desse gjennomsnittstala gjeld for alle som spelar, samstundes som det berre er eit mindretal

4 som faktisk betaler i spel. Rapporten Social Gaming in Europe viser generelt at 1 til 5 % av spelarane kjøper noko i spela: Only 1%-5% of the social game player base purchase in-game currency and virtual goods. Rapporten Exploring Social Gambling: Scoping, Classification and Evidence Review viser til forsking, riktig nok frå 2011, der ei tilsvarande låg andel betaler i spel. Her er estimatet at 3-5 % betaler for «in game virtual goods». Det er verdt å merke seg at desse anslaga gjeld spelarar globalt, og dermed vil omsetning per spelar og andel som betaler i spel kunne variere frå land til land. Sterk teknologisk utvikling og god økonomi medverkar truleg til at gjennomsnittleg omsetning per spelar er høgare i Noreg. Vi kan difor seie at om vi nyttar estimat frå rapporten Social Gaming in Europe ($ 5 per spelar i utvalte land) vil dette gi nøkterne norske estimat. Første berekning få betaler: spelar i snitt for 30 kroner kvar (5 $). Omsetninga i Noreg vil vere totalt 60 millionar kroner 5 i Dersom 3-5 % bruker pengar i spel vil dette bety at om lag betalande spelarar i snitt bruker kroner 750 kvar. Andre berekning fleire betaler: På grunnlag av rapporten til UiB og eit estimert tal barn frå Medietilsynets rapport vil kvar fjerde spelar ha brukt pengar i spel ( / ) Dermed er det ikkje berre 3-5 %, men 6 gonger så mange som betalar i spel. Med utgangspunkt i $ 5 per spelar vil omsetning i spel då kunne bereknast til 370 millionar kroner der betalande i snitt bruker 750 kroner kvar. At vårt anslag for andel betalande spelarar (ca. 25 %) er høgare enn tidlegare internasjonale estimat kan mellom anna skuldast at vi baserar oss på kartlegging gjort seint i 2013, medan andre anslag er basert på eldre data. 5 Norges Bank, Middelkurs 2013: 5,8770 for 1 USD

5 Tredje berekning bransjetall og truleg meir realistisk: Den nordiske dataspelbransjen har presentert estimat for omsetning i dei nordiske landa 67 : Vi har markert segmenta 8 som er mest aktuell for «social gaming». Med utgangspunkt i Euro middelkurs for vil desse tre kategoriane totalt utgjere 650 millionar kroner i MMO F2P Massively Multiplayer Online Games (MMO) som er Free to play (F2P). Omsetninga utgjer 160 millionar kroner, som i sin heilheit kan reknast med som omsetning i sosiale spel. Spela har sosiale aspekt og ein betaler for innhald etter kvart som ein spelar Social Spel som er designa for sosiale nettverk og sosial samhandling. Slike spel er for det meste F2P, og då vil mykje av omsetninga genererast gjennom spelet. Omsetninga utgjer 170 millionar kroner i 2013, og vi reknar med at om lag 90 prosent av omsetninga skriv seg frå kjøp i spel. Mobile Spel som er designa for mobiltelefonar og nettbrett. Dei er enkle å spele og av kortare varigheit. Desse er også ofte F2P, og omsetninga utgjer 330 millionar kroner. Som for kategorien Social reknar vi med at 90 prosent av omsetninga skriv seg frå kjøp i spel. Basert på bransjetala og våre anslag vil omsetning i sosiale spel då kunne utgjere om lag 600 millionar kroner. Vi vurderer dette som eit meir realistisk estimat. Dei andre tek utgangspunkt i at kvar spelar kjøper for om lag $ 5 årleg som igjen bygger på ei berekna omsetning der mellom anna spel på mobil ikkje er inkludert Estimat er gjort av det amerikanske selskapet SuperDataResearch. 8 Kategoriane er nærare omtalt her: 9 Norges Bank, Euro middelkurs 2013: 7,8087 NOK for 1 Euro

6 Med eit estimat på 600 millionar kroner vil betalande spelarar (25 % av 2 mill) i snitt ha spelt for kroner kvar. Framskriving til 2018 Det er vanskeleg å framskrive utviklinga for sosiale spel. Blant anna fordi spel, speleplattformer og betalingsløysingar endrar seg. Vi reknar med at vekst først og fremst kjem på omsetning og i mindre grad i talet på spelarar. Dei aller fleste barn og unge speler allereie så der er det lite rom for nyrekruttering. Fleire kan likevel kome til å betale i spel. Nokon av dei eldre / vaksne kan tenkjast å debutere med spel. Framskriving baserer vi på rapporten Social Gaming in Europe. I Social Gaming in Europe blir talet på spelarar og omsetning i Europa framskriven til og med år Denne informasjonen gjer vi bruk av i våre estimat. Det var berekna 148 millionar spelarar i Europa i Rapporten viser ei estimert utvikling til 222 millionar spelarar i For dei landa Noreg er samanlikna med steig estimatet med 11 % i 2012, 9 % i 2013 og vidare er det estimert 7 % auke i 2014 og 3 % i Vi legg same vekst til grunn for 2014 (7 %) og 2015 (3 %). Deretter har vi redusert veksten i 2016 og 2017 til høvesvis 2 % og 1 % reknar vi som stabilt samanlikna med Tal spelarar i Noreg - estimat 2013 til

7 Millionar kroner I Europa var omsetninga berekna til $ 483 millionar i 2011 og estimert auka til $ millionar i Omsetninga er i rapporten omtalt som «user spending, not deducting e.g., social network fees» og vidare at «The analysis does not include mobile gaming or the impact of the introduction of local currencies as a means of payment for in-game currencies and goods» I estimatet er inntekt frå reklame ikkje medrekna. Vi er usikre på i kva grad veksten som vart skissert gir eit godt bilete på utviklinga framover. Mellom anna fordi estimatet vart gjort før forretningsmodellen F2P / «Freemium» var godt etablert. I ein rapport frå Distimo kjem det fram at 90 % av spelomsetninga i Apple App Store (november 2013) kom frå «Free apps with in-app purchases» 10. I tillegg er spel i dag langt meir tilgjengeleg på mobile plattformer enn for få år sidan. Det kan og vere problematisk at framskrivingar ikkje tek utgangspunkt i historiske og reelle tal som syner reell utvikling fram til startpunkt for estimat. Vårt utgangspunkt er data frå ekstern rapport som også nyttar estimat i si framskriving. På tross av denne usikkerheita, og i mangel av andre kjelder legg vi til grunn same vekst som i rapporten Social Gaming in Europe. For dei fire landa vi samanliknar med var veksten i omsetning der berekna til 18 % i 2012, 26 % i 2013 og vidare estimert 25 % auke i 2014 og 17 % i Denne veksten legg vi inn i våre estimat med 25 % for 2014 og 17 % for Deretter har vi redusert veksten i 2016, 2017 og 2018 til høvesvis 15 %, 10 % og 5 % Betaling i spel - estimat 2013 til Publikasjon frå Distimo: 2013 Year in Review, Solving the App-Puzzle (Desember 2013).

8 I 2013 reknar vi med at 2 millionar nordmenn spelte og betalte i alt 600 millionar. I snitt blir dette 300 kroner per spelar uavhengig av om ein har betalt i spel eller ikkje. Dersom den reelle utviklinga blir slik vi her har berekna, vil litt fleire (2,2 millionar) spele i 2018 og betale i alt 1,2 milliardar. I snitt vil dette bli i overkant av 500 kroner per spelar.

Samtalestatistikk 1. halvår 2014. Hjelpelinja for speleavhengige

Samtalestatistikk 1. halvår 2014. Hjelpelinja for speleavhengige Samtalestatistikk Hjelpelinja for speleavhengige Lotteritilsynet august 2014 Side 1 av 9 Oppsummering Denne halvårsstatistikken viser at talet på samtaler i første halvår 2014 er redusert samanlikna med

Detaljer

Hjelpelinja for speleavhengige

Hjelpelinja for speleavhengige Hjelpelinja for speleavhengige Samtalestatistikk 1. halv 2013 Lotteritilsynet juli 2013 Side 1 av 8 Oppsummering Denne halvsstatistikken viser at talet på samtaler i første halv 2013 ikkje har endra seg

Detaljer

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Framtidas bustadbehov blir i hovudsak påverka av størrelsen på folketalet og alderssamansettinga i befolkninga. Aldersforskyvingar i befolkninga forårsakar

Detaljer

Framtidig tilbod av arbeidskraft med vidaregåande utdanning

Framtidig tilbod av arbeidskraft med vidaregåande utdanning Framtidig tilbod av arbeidskraft med vidaregåande utdanning Av: Jorunn Furuberg Samandrag Dersom framtidige generasjonar vel utdanning og tilpassing på arbeidsmarknaden slik tilsvarande personar gjorde

Detaljer

HORDALANDD. Utarbeidd av

HORDALANDD. Utarbeidd av HORDALANDD FYLKESKOMMUNE Utflyttingar frå Hardanger Utarbeidd av Hordaland fylkeskommune Analyse, utgreiing og dokumentasjon August 28 INNLEIING: Analysen er utarbeidd som ein del av Hordaland fylkeskommune

Detaljer

12. Færre besøk ved norske kinoar

12. Færre besøk ved norske kinoar Kulturstatistikk 004. Færre besøk ved norske kinoar I 004 rapporterte kinoane om millionar besøkjande. Dette er ein nedgang på litt over million eller om lag 8 prosent. Nedgangen kom sjølv om kinoane hadde

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Slik jobbar Lotteritilsynet med speleproblem. Seniorrådgjevar Jonny Engebø Rådgjevar Linda Vøllestad Westbye

Slik jobbar Lotteritilsynet med speleproblem. Seniorrådgjevar Jonny Engebø Rådgjevar Linda Vøllestad Westbye Slik jobbar Lotteritilsynet med speleproblem Seniorrådgjevar Jonny Engebø Rådgjevar Linda Vøllestad Westbye Førebygge negative konsekvensar av lotteri og pengespel Frå formålstekst i lover / forskrift:

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Kampen om spelemarknaden

Kampen om spelemarknaden Kampen om spelemarknaden 2007 eit spesielt år Regulerte norske pengespel vart frå 1. juli meir enn halvert over natta Brutto omsetning i år vil bli nesten nede på nivå med 2001 Vi estimerer brutto omsetning

Detaljer

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto TILSYNSRAPPORT første halvår 2012 - ei evaluering av marknadsføring frå januar til og med juni månad 2012 Tilsynsrapport marknadsføring nr. 2012-12 Lotteritilsynet

Detaljer

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007 Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007 Samandrag Om lag 46 400 hushaldskundar skifta kraftleverandør i 2. kvartal 2007. Dette er ein nedgang frå 1. kvartal i år då 69 700 hushaldskundar skifta leverandør.

Detaljer

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE 8.-10 KLASSE

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE 8.-10 KLASSE SPØRJEGRANSKING Om leselyst og lesevanar blant unge SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE 8.-10 KLASSE Irene, Terese, Sigurd, Lars i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 INNHALD Innleiing... 3 Diagram og Kommentarar...

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

13. Sendetida på TV aukar

13. Sendetida på TV aukar Kulturstatistikk 2004 Radio og TV 3. Sendetida på TV aukar Dei siste fire åra ser det ut til at folk brukte mindre tid på radiolytting og fjernsynssjåing. Samstundes har sendetida i TV auka, medan sendetida

Detaljer

11. Bøker og bokomsetning

11. Bøker og bokomsetning Kulturstatistikk Gro Kamfjord. og bokomsetning I blei det avlevert over 0 000 nye boktitlar til Nasjonalbiblioteket. Nasjonalbiblioteket registrerte også blant anna om lag 300 millionar vevdokument i.

Detaljer

Følgjande tabell viser fylkesrådmannen si rapportering på forvaltninga av ledig likviditet og andre midlar berekna for driftsføremål:

Følgjande tabell viser fylkesrådmannen si rapportering på forvaltninga av ledig likviditet og andre midlar berekna for driftsføremål: Side 1 av 5 VEDLEGG 3 Rapportering på finansporteføljen per. 31.august 2014 Gjeldande finansreglement seier at fylkesrådmannen 3 gonger i året legg fram for fylkestinget rapport for finansforvaltninga.

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Folketalsutviklinga i PANDA vert bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflyttinga (innflytting minus utflytting). Fødselsfrekvensar og dødsratar

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Folketal, verdiskaping og kunnskapsproduksjon på Vestlandet

Folketal, verdiskaping og kunnskapsproduksjon på Vestlandet Folketal, verdiskaping og kunnskapsproduksjon på Vestlandet Mai 2010 AUD- rapport nr. 6-10 Folketal, verdiskaping og kunnskapsproduksjon på Vestlandet Dei fire vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Ei gruppe elevar gjennomførte eit prosjekt om energibruk og miljøpåverknad. Som ei avslutning på prosjektet skulle dei skrive lesarbrev

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2015/2106 Løpenr.: 18241/2015 Arkivkode: 150 Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret Sakshandsamar: Gry Åsne Aksvik Forvalting av særavtalekraft

Detaljer

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 07.10.2015 64580/2015 Lisbeth Nervik Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 20.10.2015 Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Detaljer

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. Utfordringsdokument Basert på Folkehelsekartlegging for Hjelmeland kommune, pr. 01.10.13. (FSK-sak 116/13) Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. DEMOGRAFI Ca. 16 % av befolkninga i Hjelmeland

Detaljer

Rapport om marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Rapport om marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto Rapport om marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto - ei evaluering frå januar til og med juni 2006 Førde, 16. oktober 2006 Innhald 1. Innleiing 3 2. Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Detaljer

Barnevern 2012. Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Barnevern 2012. Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB) Barnevern 2012 Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB) Fleire barn under omsorg I 2012 mottok 53 200 barn og unge i alderen 0-22 år tiltak frå barnevernet, dette er ein svak vekst på 2 prosent frå 2011,

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 01.09.2015. Løyve i perioden til no i 2015 11. Avslag i perioden til no i 2015 0

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 01.09.2015. Løyve i perioden til no i 2015 11. Avslag i perioden til no i 2015 0 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 05.08.2015 51527/2015 Lisbeth Nervik Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 01.09.2015 Status akvakulturforvalting og fiskeri per juli 2015 Akvakulturforvalting

Detaljer

Lotteri- og pengespelmarknaden og Hjelpelinja

Lotteri- og pengespelmarknaden og Hjelpelinja Lotteri- og pengespelmarknaden og Hjelpelinja j Utgangspunktet for gjennomgangen Innhold: Tal frå den regulerte pengespelmarknaden Data om speleåtferd Forsking Hjelpelinjen for spilleavhengige 13.09.2013

Detaljer

Framtidige behov for hjelpemiddel

Framtidige behov for hjelpemiddel Framtidige behov for hjelpemiddel AV SIGURD GJERDE SAMANDRAG Hjelpemiddelformidling er ein stor og viktig del av hjelpetilbodet for alle med funksjonsvanskar. Samfunnet satsar store ressursar på formidling

Detaljer

Leverandørskifteundersøkinga 4. kvartal 2008

Leverandørskifteundersøkinga 4. kvartal 2008 Leverandørskifteundersøkinga 4. kvartal 2008 Samandrag Omlag 51 700 hushaldskundar skifta kraftleverandør i 4. kvartal 2008 (veke 40 til 52). Dette er omlag det same som førre kvartal då 51 000 hushaldskundar

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

13. Er ikkje film lenger best på kino?

13. Er ikkje film lenger best på kino? Kulturstatistikk Hossein Moafi 13. Er ikkje film lenger best på kino? Nøkkeltal for kinoåret viser ein nedgang både når det gjeld besøk og kinobygg samanlikna med tidlegare år. Like fullt auka talet på

Detaljer

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane Frå 1. juli i år vert det innført eit nytt regelverk for regionalstøtte i EØS-området, noko som krev

Detaljer

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a - 2014

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a - 2014 Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet AUD-rapport nr. 12a - 2014 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå, og i samarbeid med, Samferdselsavdelinga i Hordaland

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

10. 5 000 nye bøker i 2004

10. 5 000 nye bøker i 2004 Kulturstatistikk 004 0. 5 000 nye bøker i 004 Talet på utgjevne boktitlar og småtrykk held seg stabilt syner dei førebelse tala frå Nasjonalbiblioteket i Oslo. 5 000 bøker og 60 småtrykk blei utgjevne

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 12.10.2015 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Variasjon i ventetider og fristbrot ARKIVSAK: 2015/2228 STYRESAK: 107/15 STYREMØTE: 10.11.

Detaljer

Den norske pengespelmarknaden

Den norske pengespelmarknaden Den norske pengespelmarknaden Jonny Engebø, Lotteritilsynet NFSP sitt seminar på Hamar 17. 18. juni 2014 Innhald: Tal frå den regulerte pengespelmarknaden Nettspel og estimat på uregulert marknad Hjelpelinjedata

Detaljer

Rumenske og norske studentars bruk av bibliotek og ressursar.

Rumenske og norske studentars bruk av bibliotek og ressursar. Rumenske og norske studentars bruk av bibliotek og ressursar. Av Ane Landøy og Angela Repanovici Hausten 2007 gjorde Universitetsbiblioteket i Bergen og the Central Library of Transylvania University,

Detaljer

Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12b - 2014

Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12b - 2014 Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet AUD-rapport nr. 12b - 2014 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå, og i samarbeid med, Samferdselsavdelinga i Hordaland

Detaljer

DB 836 327 883 604 702 254 597 522 750 184

DB 836 327 883 604 702 254 597 522 750 184 Svineøkonomi Per Herikstad Hå Gardsrekneskapslag Peder Skåre Sparebank 1 SR-Bank Det siste året har vore prega av stort fokus på ubalanse i svinemarkedet. Overproduksjon gir lågare prisar for svineprodusentane

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR Utvikling av logo: Dei tre konsepta eg valde å jobba med var, energisparande, vatn og varme. Eg utvikla desse logoane innafor same stil, men med ulik form og symbolikk. Eg jobba med desse parallelt og

Detaljer

Lønnsundersøkinga for 2014

Lønnsundersøkinga for 2014 Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 18.05.2016 35308/2016 Åge Ødegård Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015

Detaljer

Forslag frå fylkesrådmannen

Forslag frå fylkesrådmannen TELEMARK FYLKESKOMMUNE Hovudutval for kultur Forslag frå fylkesrådmannen 1. Telemark fylkeskommune, hovudutval for kultur gir Norsk Industriarbeidarmuseum og Vest Telemark Museum ei samla tilsegn om kr

Detaljer

8. Museum og samlingar

8. Museum og samlingar Kulturstatistikk Liv Taule 8. I var det 34 millionar sgjenstandar og fotografi, 9 millionar besøk, 2 660 utstillingar og 4 765 kulturhistoriske bygningar i dei 88 seiningane som er inkluderte i sstatistikken.

Detaljer

11. Bøker. Statistiske analysar Kulturstatistikk 2009. Pliktavleverte lydboktitlar og vanlege boktitlar viser nedgang

11. Bøker. Statistiske analysar Kulturstatistikk 2009. Pliktavleverte lydboktitlar og vanlege boktitlar viser nedgang . Bøker Pliktavleverte lydboktitlar og vanlege boktitlar viser nedgang.. Nokre resultat I 2009 blei det pliktavlevert 45 nye boktitlar som er lese inn på lydbok. Det er 62 færre innleverte titlar enn i

Detaljer

Ny strategiplan for Høgskulen

Ny strategiplan for Høgskulen Ny strategiplan for Høgskulen Nokre innspel til det vidare arbeidet Petter Øgar Mi forståing av strategisk plan Ein overordna og langsiktig plan for å oppnå bestemte overordna mål for organisasjonen Måla

Detaljer

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå. 13. POLYGONDRAG Nemninga polygondrag kjem frå ein tidlegare nytta metode der ein laga ein lukka polygon ved å måle sidene og vinklane i polygonen. I dag er denne typen lukka polygon lite, om i det heile

Detaljer

4. Fleire framsyningar ved teater og opera i 2004

4. Fleire framsyningar ved teater og opera i 2004 Kulturstatistikk 2004 Scenekunst, teater og dans 4. Fleire framsyningar ved teater og opera i 2004 I 2004 hadde norske teater og opera 8 149 framsyningar, ein auke på 627 i forhold til 2003. Samstundes

Detaljer

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr. 1-2015

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr. 1-2015 Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes AUD-notat nr. 1-2015 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå Næringsseksjonen i Hordaland fylkeskommune Bakgrunnen

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

14. Radio og TV. Liv Taule

14. Radio og TV. Liv Taule Kulturstatistikk Liv Taule 4. Det norske radio- og TV-landskapet har varierte programtilbod. Dei fleste kanalane sender no stort sett heile døgnet. Folk ser meir på TV og lyttar meir på radio. Radio- og

Detaljer

SKATTEINNTEKTER 12/129-3 2012 K-

SKATTEINNTEKTER 12/129-3 2012 K- Saksframlegg Arkivsak: 12/129-3 Sakstittel: SKATTEINNTEKTER 2012 Saken skal behandles av: Formannskapet Rådmannens tilråding til vedtak: K-kode: 232 Saka blir tatt til orientering Grunnlagsdokumenter:

Detaljer

Vaksne bruker tannlegetenester ulikt

Vaksne bruker tannlegetenester ulikt Vaksne bruker tannlegetenester ulikt Det er til dels store forskjellar i bruken av tannlegetenester blant vaksne. går oftare til tannlegen enn menn, og dei yngste går sjeldnast. Vidare går dei med høg

Detaljer

Saksbehandling kva er no det?

Saksbehandling kva er no det? Saksbehandling kva er no det? Rådgjevar Ole Knut Løstegaard Eforvaltningskonferansen 2012, Oslo, 16/2-2012 Innleiing «Saksbehandling»: ubestemt omgrep Brukt ei rekkje stader i lov- og forskriftsverket

Detaljer

Rapport Tal om tobakk 1973 2012 IS-2064

Rapport Tal om tobakk 1973 2012 IS-2064 Rapport IS-64 Tal om tobakk 1973 12 INNHALD RØYKING 8 Røyking kjønn og alder 9 Røyking blant ungdom 12 Røyking og utdanning 13 Startalder for å røykje dagleg 14 Geografiske skilnader 16 Røyking i Norden

Detaljer

ANALYSE AV TAL PERSONAR SOM BUR INNAFOR EIN AVSTAND PÅ 45 MINUTT MED BIL FRÅ UTVALDE REGIONSENTER I SOGN OG FJORDANE.

ANALYSE AV TAL PERSONAR SOM BUR INNAFOR EIN AVSTAND PÅ 45 MINUTT MED BIL FRÅ UTVALDE REGIONSENTER I SOGN OG FJORDANE. ANALYSE AV TAL PERSONAR SOM BUR INNAFOR EIN AVSTAND PÅ 45 MINUTT MED BIL FRÅ UTVALDE REGIONSENTER I SOGN OG FJORDANE. Målsetting for analysen Målsettinga for analysen er og vise kor mange personar som

Detaljer

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane, 1 2010 Innhald Innleiing s. 3 I barnehagane s. 4 I grunnskulane s. 9 I dei vidaregåande skulane

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

2. Privat forbruk. Årleg forbruk til kultur og fritid tredje størst. 20 Statistisk sentralbyrå

2. Privat forbruk. Årleg forbruk til kultur og fritid tredje størst. 20 Statistisk sentralbyrå Kulturstatistikk 2009 Statistiske analysar 2. Privat forbruk Årleg forbruk til kultur og fritid tredje størst 2.1. Nokre resultat Forbruksundersøkinga 2007-2009 viser at det gjennomsnittlege forbruket

Detaljer

Eksamen 26.11.2014. MAT1015 Matematikk 2P. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 26.11.2014. MAT1015 Matematikk 2P. Nynorsk/Bokmål Eksamen 26.11.2014 MAT1015 Matematikk 2P Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del 2: Framgangsmåte: Rettleiing om vurderinga: Andre opplysningar:

Detaljer

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Norsk Bremuseum sine klimanøtter Norsk Bremuseum sine klimanøtter Oppgåve 1 Alt levande materiale inneheld dette grunnstoffet. Dessutan inngår det i den mest kjende klimagassen; ein klimagass som har auka konsentrasjonen sin i atmosfæren

Detaljer

Vi lærer om respekt og likestilling

Vi lærer om respekt og likestilling Vi lærer om respekt og likestilling I Rammeplanen står det at barnehagen skal tilby alle barn eit rikt, variert, stimulerande og utfordrande læringsmiljø, uansett alder, kjønn, funksjonsnivå, sosial og

Detaljer

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland Kompetansearbeidsplassar i Hordaland AUD-rapport nr. 8 11 September 211 1 Tal kompetansearbeidsplassar i Hordaland har vekse med 21 % i perioden 22 29, mot 17 % i landet som heile. Alle regionane i Hordaland

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

7. Festivalar. 30 millionar til musikkfestivalar. Knutepunktfestivalane 61 millionar kroner i støtte. 82 Statistisk sentralbyrå

7. Festivalar. 30 millionar til musikkfestivalar. Knutepunktfestivalane 61 millionar kroner i støtte. 82 Statistisk sentralbyrå 7. Festivalar 7.1. Nokre resultat Festivalane set framleis sitt preg på kultur-noreg med millionar av festivaldeltakarar. Festivalane representerer ulike sjangrar, men musikkfestivalane er i fleirtal og

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418 Vaksdal kommune SAKSFRAMLEGG Saksnr: Utval: Dato Formannskap/plan- og økonomiutvalet Kommunestyret Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418 Revisjon av retningsliner

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni 2011. AUD-rapport nr. 12-11

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni 2011. AUD-rapport nr. 12-11 Konsekvensanalyse Vegomlegging Etnesjøen Juni 2011 AUD-rapport nr. 12-11 Utgivar: Hordaland fylkeskommune, Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) http://www.hordaland.no/aud Tittel: Konsekvensanalyse

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS S-200504339-4/135.3 RAMMEAVTALE og Som del av denne avtalen følgjer: Vedlegg l: Samarbeidavtale med spesifikasjon av tilskot. 1. Definisjonar Tenestar knytt til tilskot: Som nemnt i punkt 3.1 og vedlegg

Detaljer

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune Ipad som politisk verktøy Surnadal kommune Bruk av Ipad Surnadal kommune har ei ordning med bruk av Ipad i samband med politiske møte Dette er ei frivillig ordning Det er fullt mogleg å bruke eige utstyr

Detaljer

Utviklingsforumet for Ålesund Lufthavn, Vigra - søknad om tilskot i samband med etablering av direkte flyrute mellom Amsterdam og Ålesund.

Utviklingsforumet for Ålesund Lufthavn, Vigra - søknad om tilskot i samband med etablering av direkte flyrute mellom Amsterdam og Ålesund. saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 18.02.2013 9849/2013 Lillian Sæther Sørheim Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 05.03.2013 Utviklingsforumet for Ålesund Lufthavn, Vigra -

Detaljer

12. Aviser, vekepresse og fagpresse

12. Aviser, vekepresse og fagpresse Kulturstatistikk 2009 Statistiske analysar 2., vekepresse og fagpresse Avisene 2.. Nokre resultat Etter to år med 228 aviser i Noreg, gjekk talet i 2009 ned til 225 aviser. Årsaka til nedgangen er at to

Detaljer

Rådet for funksjonshemma Leikanger 2.12.2013. Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Rådet for funksjonshemma Leikanger 2.12.2013. Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma Rådet for funksjonshemma Leikanger 2.12.2013 Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma Unge arbeidssøkjarar (16-24 år) Kven er dei som står utanfor arbeidsmarknaden og er registrert hos NAV? Kjelde: Arbeid

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Henrik Skovly Arkivsak nr.: 2014/2240 Arkivkode: 250 Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet NIVÅ PÅ RENTESIKRING Administrasjonen si tilråding: Formannskapet

Detaljer

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Lærarrettleiing 1. Kornartane Lærarrettleiing 1. Kornartane Om modulen Modulen skal gje elevane oversikt over kva slags kornartar vi dyrkar i Noreg, kva dei blir brukt til, og kva rolle korn har i kosthaldet vårt. Kornartane ris og

Detaljer

FINANSFORVALTNINGA I 2011

FINANSFORVALTNINGA I 2011 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-13 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 22.02.2012-23.02.2012 13.03.2012-14.03.2012 FINANSFORVALTNINGA

Detaljer

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per 2002. StrålevernRapport 2006:6B

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per 2002. StrålevernRapport 2006:6B StrålevernRapport 2006:6B Radiologi i Noreg - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per 2002 Ingelin Børretzen Kristin Bakke Lysdahl Hilde M. Olerud Statens strålevern Norwegian Radiation Protection

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

11. Svak nedgang i opplagstala for avisa

11. Svak nedgang i opplagstala for avisa Kulturstatistikk 2004 Aviser og periodika. Svak nedgang i opplagstala for avisa Talet på aviser held seg stabilt i Noreg, medan opplagstala fell. Dei to siste åra har opplagstala gått ned med om lag 67

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Kva er gründercamp? Treningsleir i kreativitet og nyskaping Elevane får eit reelt oppdrag med ei definert problemstilling Skal presentere ei løysing innanfor eit

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Utvikling av pengespel og pengespelproblem. Seniorrådgjevar Steinar Hatlestad NFP-seminar Hamar, juni 2009.

Utvikling av pengespel og pengespelproblem. Seniorrådgjevar Steinar Hatlestad NFP-seminar Hamar, juni 2009. Utvikling av pengespel og pengespelproblem Seniorrådgjevar Steinar Hatlestad NFP-seminar Hamar, juni 2009. I gjennomgangen: Tal frå den regulerte pengespelmarknaden Estimat for uregulert utanlandsk nettspelmarknad

Detaljer