Oplægsholder: Kjartan Fløgstad 27. august 2010

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Oplægsholder: Kjartan Fløgstad 27. august 2010"

Transkript

1 KULTURFORUM 2010 NORDENS HUS REYKJAVIK Oplægsholder: Kjartan Fløgstad 27. august 2010 Følgende tekst er et sammendrag af det oplæg Kjartan Fløgstad holdt ved Kulturforum 2010 i Nordens Hus i Reykjavik. NORDISKE FORESTILLINGAR I våre dagars litterære klima kan det sjå ut til at den nyskapande fortellekunsten skriv seg frå postkoloniale tilstandar, både i geografisk og i sosial forstand. Sett frå Vesten virkar det som om den mest vitale prosadiktinga kjem frå den globale utkanten, både på kartet og i samfunnet. Då tenker ein kanskje først på Latin-Amerika, og boomen i prosadiktinga for ein generasjon sidan, med hovudnamn som García Márquez, Cortázar, og på Jorge Luís Borges, som var opptatt av det som blir kalla "The Centrality of Margins". Etter kvart har også andre verdsdelar med kolonifortid gjort seg vel så sterkt gjeldande. Ikkje minst gjeld dette Afrika og India. På fransk og særleg på engelsk har prosakunsten blitt redda av forfattarar med bakgrunn i dei gamle koloniane. Rushdie og Malouf er berømte eksempel. Den siste tyskspråklege nobelprisvinnaren i litteratur er frå Romania. Gjer vi perspektivet smalare, kan det også i Skandinavia sjå ut som om romankunsten i særleg grad blomstrar i land med kolonifortid: Det går an å hevda at prosadiktinga i Finland, Island og Færøyane står relativt sterkare enn i dei gamle regionale stormaktene Danmark og Sverige. Stikkord her kan vera Laxness, Heinesen, Linna. Min naturlege beskjedenhet hindrar meg i å nemna Norge i denne samanhengen, men det er vanskeleg heilt å underslå at den norske fortellekunsten har stått svært sterkt dei siste tiåra. I alle fall ser det ut til at det postkoloniale skaper ei kulturell spenning som er litterært kreativ. Når det gjeld Island, har ein viktig prosaforfattar blitt folketribun i kritikken av nyliberalismen, noko som tyder på at litteraturen ikkje har blitt subkultur i alle land, slik vi ser sterke tilløp til i Skandinavia. II Sist under EU-avstemminga i 1994 valde Norge ein annan veg i forhold til den europeiske unionen enn Danmark, Sverige og Finland. Som den faglege landsorganisasjonen var også dei norske oljearbeidarane imot norsk medlemsskap. Norsk presse - (eller Mediepartiet) - gjekk omtrent samstemt inn for medlemskap, og samanlikna standpunktet til oljearbeidarane med ein organisasjon som kalla seg "Blondiner mot EU". Både økonomisk og politisk er det likevel meir oljen enn hårfargen som skiljer Norge frå resten av Norden. I motsetning til den europeiske unionen er Norge ein stor olje- og gasseksportør. Høg oljepris er bra for norsk økonomi, dårleg for alle andre. I dette spørsmålet har Norge og resten av Norden motsette interesser. Demokratisk kontroll med oljeintektene har også galvanisert den norske økonomien mot dei verste utslaga av finanskrisa. Her har folkevald, nasjonal råderett over ressursane vore avgjerande viktig. Det same gjeld fiskeria og kontroll med andre naturressursar, ikkje minst vasskrafta. Den formelle frikoplinga frå EU-systemet legg visse band på kapitalismens Dok. nr.

2 Side 2 herjingar. EU-systemet blir sett på som ei konstitusjonell ramme rundt finanskapitalens dominans over realkapitalen, altså den økonomiske politikken som har styrta dei utvikla økonomiane ut i djup krise. Dette er det nå ein brei konsenus bak i den norske opinionen. Ved siste meiningsmåling var 62 prosent av veljarane mot EU, berre 26 prosent for. Over tid virkar denne konstellasjonen svært stabil, og har styrka seg dei siste månadene. Motstandarane er i fleirtal i alle parti, bortsett frå ein liten Jamajoritet i det konservative Høgre. I Mediepartiet er ein ein noko meir lågmælt, men endå meir samstemt for. Framleis er det eit særtrekk ved norsk politikk at den sofistikerte kapitalistiske medieindustrien ikkje har vore i stand til å endra den offentlege meiningsdanninga på dette feltet. Dette kan både skuldast det spesielt begredelege og manglande truverdet til norske massemedier, og den spesielle styrken til framleis intakte norske motkulturar. Sannsynlegvis dreiar det seg om ein kombinasjon av begge. Politisk er som kjent det motsette av apolitisk. Slik vis er det motsette av avis. Walter Benjamin meinte at fortellekunsten lakka mot slutten, fordi den episke sida av sanninga, visdommen, døyr ut. Medan avisdommen blir igjen, kan vi trygt legga til. I massemedial tidsalder er offentlege meiningar ikkje lenger argumenterbare. I dag er tennene den kroppsdelen det stadig er pornografisk å visa fram offentleg. Ros er latterleggjering, kritikk skamros. Å bli latt i journalistikken. III Nyliberalismen er ingen naturkatastrofe, men den rammar like nådelaust, om ikkje like blindt. Forklaringane på den siste krisa i kapitalismen har vore mange, ei av dei er tydlegast og først formulert av historikaren Eric Hobsbawm. Kortversjonen er slik: Sovjetregima i Aust-Europa var i hovudsak ein sørgeleg fiasko - på heimebane. Som politisk utfordring, militært trugsmål, og i raskt minkande grad som forlokkande ideal var 'realsosialismen' likevel avgjerande forutsetning for det gunstige klassekompromisset den vestlege, og spesielt den skandinaviske arbeidarklassen klarte å kjempa fram. I nesten to tiår etter Murens fall var dette poenget frå The Age of Extremes borte frå dei vestlege hovudmediene. Sovjetunionen hadde implodert og tatt med seg alt som smakte av sosialisme på historias skraphaug. Framgangen i dei kinesiske og vietnamesiske folkerepublikkane hang saman med at der hadde dei innført 'kapitalisme', og ikkje med at kommandohøgdene i økonomien framleis var statskontrollerte: energi, metallurgi, våpen, telekommunikasjon. Både storleiken og rolla til statleg sektor i økonomien er strukturelt sett større enn i kapitalistiske økonomiar. I Vesten har den økonomiske veksten stoppa opp. Dei sosiale forskjellane blir større, dei fattige fattigare og dei rike meir og meir skamlaust rikare. Frå den rike verda blir industriproduksjonen flytta til kinesiske, indonesiske og brasilianske sweatshops. Dette gir grunnlag for den utbreidde myten om at industrisamfunnet og dermed arbeidarklassen er borte. Tal frå ILO viser tvert om at det aldri har vore fleire industriarbeidarar i verda enn i dag. Historikaren Perry Andersom seier det endå sterkare: "Arbeidskrafta som står til rådvelde for kapitalen har auka i eit tempo som aldri før er sett... Denne fordoblinga av arbeidarklassen i verda til 3 milliardar i løpet av eit tidsrom på få år, under vilkår så harde som på det tidlege nittenhundretalet, er den største strukturendringa i perioden." 1 (frå 1990 til i dag).

3 Side 3 Alt dette har Eric Hobsbawm sett i samband med Sovjetunionens kollaps og bortfallet av sosialismen som politisk kraft og utopisk horisont. Å seia at denne tanken har vore forkjetra, er knapt å ta for hardt i. Derfor er det ei glede å kunna melda at etter finanskrisa i 2008 har Hobsbawms tese blitt ein del av vestleg mainstream. I New York Review of Books for 29. april til 12. mai i år gir Benjamin M. Friedman svært positiv omtale av den nyleg utkomne I.O.U.: Why Everyone Owes Everyone and No One Can Pay, utgitt av Simon and Schuster i New York i I denne boka skriv den britiske forfattaren John Lanchester at "den avgjerande forutsetninga" for krisa i i kapitalismen var samanbrotet til den internasjonale kommunismen, og særleg Sovjetunionens undergang: "Måten finanssektoren fekk lov til å styra unna all kontroll... fann ikkje stad i eit vakuum, men i eit klima. det klimaet var den uomstridde sigeren til det kapitalistiske systemet, eit klårt ideologisk hegemoni av eit slag som ikkje hadde eksistert tidlegare." Heilt i tråd med Hobsbawm hevdar Lanchester at Vestens siger over kommunismen fjerna dei siste hindringane som hadde halde kapitalismen i sjakk. Etter Murens Fall måtte ikkje lenger dei mørke baksidene ved utøyla kapitalisme gøymast bort. Dei aukande sosiale forskjellane og dei stadig meir synlege utskeiingane til dei heldige rike få var ikkje lenger noko problem: "Den gode sida hadde vunne, skjønnhetskonkurransen var over, og tiåra med vestleg framgang for likskap og individuelle rettar tok slutt... Muren fall, og i større og mindre grad tok vestlege regjeringar til å forlata sosial rettferd som ein viktig del av det allmenne etterkrigsprosjektet." Utan hindringar kunne finanskapitalen løysa seg frå sosiale og realøkonomiske hindringar, gi seg i kast med spekulasjon, og føra folk i store delar av verda ut i sosial ulykke. Slik ein i særleg smerteleg grad har kunna oppleva her i Island. IV Så vil eg avslutta mitt innlegg med ein tur til ein oljeplattform i Nordsjøen. Ut frå fastlandet på den skandinaviske Regnkysten tar det berre ein halvtime i helikopter. Men oljeplattformane i Nordsjøen er utilgjengelege, lukka land. Dei ligg ikkje berre i utkanten, dei ligg utanfor utkanten: Off Shore. Eg var invitert ut til fagforeningane på Osebergfeltet, men ikkje til agitasjon og politisk forkynning. Om kvelden las eg eigne tekstar og gjendiktingar av Pablo Neruda og Tony Harrison i kinosalen ombord. Oljearbeidararane går to veker på jobb, og fire veker av. Dei to vekene ombord på plattformen går dei todelte skift, tolv på, tolv av. Eg las for høgteknologane på friskiftet, ikkje minst for den kvinnelege delen av mannskapet, som hadde pynta seg for anledninga, og lytta interressert. Utanfor auka vinden til full storm. Og så til orkan, som knapt var merkbar, berre som ei skjelving i dørken, og knikring i stag og skott. Etter opplesinga spelte vi bordtennis i den hangaraktige gymsalen. Fagforeningsledaren slo meg, eg trur eg var dårleg tapar, skylte på orkanen utanfor, som jo måtte gi ping-pongballen ei spesiell avdrift det må vera umulig for ein landkrabbe å berekna. Spin, er det ikkje det det heiter? Midt på 1980-talet gav hans Magnus Enzensberger ut ei bok med reportasjar frå mange europeiske land. Enzensberger kom også til Norge. Skildringa hans av landet som ei blanding av fortidsmuseum og framtidslaboratorium er endå meir treffande i dag enn det var den gong.

4 Side 4 Den mønstergyldige nordmannen av i dag er spissteknokrat i oljeindustrien og sauebonde, på same tid. Han som eine dagen er primitiv småbrukar i utmarka, står neste dag i glatt kontordress på Sola Flyplass ved Stavanger og ventar på ein corporate jet som skal ta han til hovudkvarteret i Houston Texas eller til nye oljefelt i Libya eller Iran. Han som sveisar på dekket av oljeplattformen Oseberg A eller B har slike arbeidsordningar at han lever andre halvparten av livet sitt som primitiv småbrukar. Han eller ho som borar gjennom den geologiske laga under havbotnen, står neste dag oppe i lia og slår gras til sauene, med ljå, på gamlemåten. Med avansert teknologi produserer han sjølv den nye tid som får dei gode gamle dagar oppe på småbruket til å halda fram. Med oljeformuen kjøper han for pengar det som ikkje kan kjøpast for pengar. Dette radikalt usamtidige, som finst i alle nordiske land, er i Norge lekamleggjort i ein og same figur, som både er museumsvakt på småbruket, og framtidslaborant i Oljå. I daglegtalen blir fantasi og realisme ofte sett på som motsetningar. Men i litteraturen er fantasi og realisme det same. Det krevst vill fantasi for å vera streng realist, og streng realisme for å skriva fantastisk. Men er dette sanning, eller løgn? Det er flyktig. Det er flyktigare enn røyk. Det er flyktigare enn skuggen av røyk. Det er flyktigare enn skuggen av røyk på rennande vatn. Det er flyktigare enn disen i skumringa over skuggen av røyk på rennande vatn. Det er flyktigare enn lys gjennom disen i skumringa over skuggen av røyk på rennande vatn. Det er flyktigare enn desse orda om lys gjennom disen i skumringa over skuggen av røyk på rennande vatn. Slik er det. Og slik går sanninga opp for oss. Den kjem over horisonten og stig som ein kvit og usynleg fullmåne bak det tette skylaget over den norske Regnkysten. Vi ser den ikkje. Men vi veit at den er der, og at posisjonen kan reknast ut poetisk og bestemmast nøyaktig litterært. For å skildra det nordiske samfunnet, er det nødvendig å skriva slik at lesaren lurer på kva som skjer på neste side, og på neste side igjen, og på kva som skjer på siste side. Og på siste side lurer han eller ho på kva som eigentleg har skjedd. Men nei, ikkje i boka, ikkje romanen, ikkje i diktinga og i kunsten. Men med arbeidarklassen, men med miljøet, men med klimaet, men med bankane, men med Norden, men med folkestyret. Men med dykk, kjære tilhøyrarar. Men med meg. Men med oss. 1 Perry Anderson: Jottings on the Conjuncture, new left review 48, nov/des 2007, s Benjamin M. Friedman: Two Roads to Our FinanciaL Catastrophe, NYRB, April 29- May 12, 201

5 Side 5

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad Først i denne delen om Giske OS står skrive om korleis vi bygde stasjonsbygninga. Der står nemnt at vi rekna med

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

10. 5 000 nye bøker i 2004

10. 5 000 nye bøker i 2004 Kulturstatistikk 004 0. 5 000 nye bøker i 004 Talet på utgjevne boktitlar og småtrykk held seg stabilt syner dei førebelse tala frå Nasjonalbiblioteket i Oslo. 5 000 bøker og 60 småtrykk blei utgjevne

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Sosialdemokratiet i dag?

Sosialdemokratiet i dag? Sosialdemokratiet i dag? Georg Arnestad Møtet med pensjonistgruppa i Sogn og Fjordane Ap 4.11.2010 Sosialdemokratiet i dag? Om GA: fou-byråkrat, skribent, spaltist, (sofa)raddis, passiv og (nesten alltid)

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Foto: Jo Straube Verv en venn! Hvert nye medlemskap er viktig for oss. Jo flere medlemmer vi er, jo større gjennomslagskraft har vi i miljøkampen. Verv en venn og registrer ham eller henne på www.naturvernforbundet.no/verving

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo Ein farleg klatretur Døveskolernes Materialelaboratorium, 1994 2. udgave 1. oplag Forfatter: H. P. Rismark Illustrationer: Henrik Taarnby Thomsen Tilrettelægging, layout, dtp, repro og tryk: Døveskolernes

Detaljer

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii KoønnWEK v/sidgr.1- or 11(0I: iii &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. Opplysningar om søkjaren: Namn:Jorun Larsen Adresse: Seimsvegen 73 Postnr./stad: 5472 SEIMSFOSS Telefon: 91398512 Organisasjonsnr:

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Matematisk samtale og undersøkingslandskap Matematisk samtale og undersøkingslandskap En visuell representasjon av de ulike matematiske kompetansene 5-Mar-06 5-Mar-06 2 Tankegang og resonnementskompetanse Tankegang og resonnementskompetansen er

Detaljer

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 -------------------------------------------------------------------------------- DATO: LOV-1950-12-08-3 OPPHEVET DEPARTEMENT: AID (Arbeids- og inkluderingsdepartementet)

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Av Eli Gunnvor Grønsdal Då Tehmina Mustafa kom til Noreg, som nyutdanna lege, fekk ho melding om å ta utdanninga på nytt. Ho nekta. I dag er ho professor i

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Intervju med hamnemynde i Stord kommune. Intervju med hamnemynde i Stord kommune. 1. Kva er dykkar arbeid hos hamnemynde i Stord kommune, og korleis er dykkar rolle på Eldøyane? Mitt namn er Inge Espenes og eg er Hamnesjef i Stord Hamnestell.

Detaljer

Eksamen 21.05.2015. REA3009 Geofag 2. http://eksamensarkiv.net/ Nynorsk/Bokmål

Eksamen 21.05.2015. REA3009 Geofag 2. http://eksamensarkiv.net/ Nynorsk/Bokmål Eksamen 21.05.2015 REA3009 Geofag 2 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid Hjelpemiddel Bruk av kjelder Eksamen varer i 5 timar. Alle hjelpemiddel er tillatne, bortsett frå Internett og

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar

Detaljer

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Ved Kari Vik Stuhaug Helsepedagogikk Helse Fonna 5. Mars 2015 09.03.2015 Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna 1 Kva gjer du når du får eit problem? Og kva

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 12.10.2015 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Variasjon i ventetider og fristbrot ARKIVSAK: 2015/2228 STYRESAK: 107/15 STYREMØTE: 10.11.

Detaljer

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN Oppsummering/ evaluering av månaden Også denne månaden har me vore mykje ute. Prøver å komma oss ut to gonger i løpet av dagen om veret er nokon lunde ok. Det er mykje sykling

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

HORDALANDD. Utarbeidd av

HORDALANDD. Utarbeidd av HORDALANDD FYLKESKOMMUNE Utflyttingar frå Hardanger Utarbeidd av Hordaland fylkeskommune Analyse, utgreiing og dokumentasjon August 28 INNLEIING: Analysen er utarbeidd som ein del av Hordaland fylkeskommune

Detaljer

11. Bøker og bokomsetning

11. Bøker og bokomsetning Kulturstatistikk Gro Kamfjord. og bokomsetning I blei det avlevert over 0 000 nye boktitlar til Nasjonalbiblioteket. Nasjonalbiblioteket registrerte også blant anna om lag 300 millionar vevdokument i.

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Nynorsk i nordisk perspektiv

Nynorsk i nordisk perspektiv 1 Nynorsk i nordisk perspektiv Språk i Norden I dei nordiske landa finn vi i dag desse språka: 1. Grønlandsk 2. Islandsk 3. Færøysk 4. Norsk (bokmål og nynorsk) 5. Dansk 6. Svensk 7. Samisk 8. Finsk Av

Detaljer

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer leseser ie Nynorsk Julius Cæsar Norsk for barnetrinnet slaget Ved alesia Den mest berømte av motstandarane til Cæsar under gallarkrigen var gallarhovdingen

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen Det var ein gong ein liten geitekilling som hadde lært å telje til ti. Da han kom til ein vasspytt, stod han lenge og såg på spegelbiletet sitt i vatnet,

Detaljer

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Norsk Bremuseum sine klimanøtter Norsk Bremuseum sine klimanøtter Oppgåve 1 Alt levande materiale inneheld dette grunnstoffet. Dessutan inngår det i den mest kjende klimagassen; ein klimagass som har auka konsentrasjonen sin i atmosfæren

Detaljer

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak. Vi takkar for mulegheita til å vere til stades og kommentere nye og spennande tal. For oss som interesseorganisasjon er det naturleg å gå rett på operasjonalisering av ny kunnskap. Bør funna vi har fått

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Heilårsbruk av hus på gard og i grend Heilårsbruk av hus på gard og i grend Historikk 1999: Gardsformidlingsprosjektet. Samarbeid med bondeorganisasjonane. Kartlegging av ledige gardsbruk. Kr.150 000 til seljar. På 1,5 år vart denne ordninga

Detaljer

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen Å leve med kreft over tid. Psykososiale utfordringar og hensiktsmessige tiltak ved kreftsjukdom Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen Å leve med kreft Det er mange utfordringar, f.eks:

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

Refleksjon og skriving

Refleksjon og skriving Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

Månadsplan for Hare November

Månadsplan for Hare November Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Folketalsutviklinga i PANDA vert bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflyttinga (innflytting minus utflytting). Fødselsfrekvensar og dødsratar

Detaljer

Konklusjon for 4 grupper

Konklusjon for 4 grupper Konklusjon for 4 grupper Korleis kåre ein vinnar? Kva for eit val som er det beste, er avhengig av kva dei andre gruppene har valt. Kven som blir vinnarar og taparar, blir avgjort ut ifrå kombinasjonen

Detaljer

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen

Detaljer

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker. 1. Mos 1, 1-5 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys. 4 Gud såg at lyset

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Austigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei alle sammen! Plassebakken Barnehage BA I januar har vi nytta oss av det fine veret å vøre mykje ute! Sjølv om det

Detaljer

DB 836 327 883 604 702 254 597 522 750 184

DB 836 327 883 604 702 254 597 522 750 184 Svineøkonomi Per Herikstad Hå Gardsrekneskapslag Peder Skåre Sparebank 1 SR-Bank Det siste året har vore prega av stort fokus på ubalanse i svinemarkedet. Overproduksjon gir lågare prisar for svineprodusentane

Detaljer

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald Innhald Introduksjon... 1 Teori... 2 Den første beskrivelsen... 2 Den sekundære betydinga... 2 Assosiasjonar... 3 Målgruppa... 4 Kvifor har dei gjort det slik, og kvifor seier bildet kva det seier?...

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Månen som ville lyse som ei sol (2012) av Elin Grimstad - og bruk av læringsvenn på 1. trinn PRESENTASJON AV BOKA: Kvifor er eg ikkje meir som sola?

Detaljer

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s. 220-225 Elevdemokratiet, s. 226-231. 36 Kosmos 8 Vennskap, s. 232-241 Artiklar på internett

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s. 220-225 Elevdemokratiet, s. 226-231. 36 Kosmos 8 Vennskap, s. 232-241 Artiklar på internett ÅRSPLAN i Samfunnsfag Skuleåret: 2010/2011 Klasse: 8 Faglærar: Alexander Fosse Andersen Læreverk/forlag: / Fagbokforlaget Kompetansemål LK06 Læringsmål for perioden Periode Innhald Læreverk/læremiddel

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 Då ungdomsskulebussen stoppa i Straumøykrysset kom 3. og 4. klasse veltande ut av bussen, klar til ein ny dag på Straumøy Gard. Marta, Marie og Janna var

Detaljer

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

VELSIGNING AV HUS OG HEIM KR 15.4/12 VELSIGNING AV HUS OG HEIM 1 Denne liturgien kan brukast når folk bed presten eller ein annan kyrkjeleg medarbeidar om å koma og velsigna den nye heimen deira. 2 Dersom presten blir beden om

Detaljer

Forsøk på å flytte ein koloss EU/Norge landbruk 1993/94. Presentasjon NILF 1. mars 2007 Alf Vederhus

Forsøk på å flytte ein koloss EU/Norge landbruk 1993/94. Presentasjon NILF 1. mars 2007 Alf Vederhus Forsøk på å flytte ein koloss EU/Norge landbruk 1993/94 Presentasjon NILF 1. mars 2007 Alf Vederhus KVA ER DETTE? Ein analyse av medlemskapsforhandlingane EU/Norge på landbruksområdet 1993/94 Basert på

Detaljer

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta Bygdeforskingdagen, Trondheim 5. november 2013 Finn Ove Båtevik Ein studie av bedrifter og tilsette

Detaljer

Fisken som gjorde Noreg kjent i verda

Fisken som gjorde Noreg kjent i verda Fisken som gjorde Noreg kjent i verda Frå gammalt av er tørrfisk og klippfisk Noregs viktigaste bidrag på den globale sjømatmarknaden. Desse fiskeprodukta var ein effektiv og rimeleg måte å konservere

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-21 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 26.09.2012-27.09.2012 16.10.2012-17.10.2012 FINANSRAPPORT 2.

Detaljer

AKTUELL NYNORSK LITTERATUR FOR SKULEN B A R N E L I T T E R A T U R E N O V E R L E V E M Å H A N V E R E B E S T

AKTUELL NYNORSK LITTERATUR FOR SKULEN B A R N E L I T T E R A T U R E N O V E R L E V E M Å H A N V E R E B E S T AKTUELL NYNORSK LITTERATUR FOR SKULEN S K A L D E N N Y N O R S K E B A R N E L I T T E R A T U R E N O V E R L E V E M Å H A N V E R E B E S T EI GOD BOK FOR DEN DET GJELD Men da den egentlige bruker

Detaljer

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

FANTASTISK FORTELJING

FANTASTISK FORTELJING FANTASTISK FORTELJING Leiken går ut på at alle som er med, diktar ei fantastisk forteljing. Ein av deltakarane byrjar på ein historie, men stoppar etter ei stund og let nestemann halde fram. Slik går det

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Omdømmemåling 2014 ARKIVSAK: 2014/816/ STYRESAK: 145/14 STYREMØTE: 08.12. 2014 FORSLAG

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer