døden Livet etter ... HELG fredag 19. desember 2014 Då kvelden går mot slutten, seier ho til Kathrine at ho har funne meininga med livet.

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "døden Livet etter ... HELG fredag 19. desember 2014 Då kvelden går mot slutten, seier ho til Kathrine at ho har funne meininga med livet."

Transkript

1 13 Då kvelden går mot slutten, seier ho til Kathrine at ho har funne meininga med livet. Marta Margrete Økland (t.v) og Kathrine Fedøy TEKST: Anders Totland FOTO: PER EGIL LARSEN LAYOUT: LENA HERLAND EIDE Det er 19. desember og første dag i juleferien, då Marta Margrete Økland kjem heim til Tysnes. Etter ein tung og mørk haust, med fleire sjølvmordsforsøk, verkar ho lettare til sinns enn på lenge. Både familie og venner senkar skuldrene, og ser fram til ei fredeleg julefeiring. Margrete, som går på skule på Fitjar, møter igjen bestevenninna Kathrine Fedøy. Saman går dei på ungdomsklubb, og køyrer rundt på øya for å snakka med folk. Sjølv om Marta til vanleg er ei stillferdig jente, som helst sit for seg sjølv på rommet og skriv dikt, har ho mange ho vil snakka med denne kvelden. Alle konfliktar ho har hatt, skal ordnast opp i. Då kvelden går mot slutten, seier ho til Kathrine at ho har funne meininga med livet. Ho vil ikkje utdjupa kva ho meiner, men Kathrine får inntrykk av at venninna, som lenge har slite med psyken, er roleg og trygg. Heime på Flatråker har Marta huset for seg sjølv. Begge foreldra er vekke til neste dag, på jobb og møte. Ho lukkar døra til soverommet for siste gong, og legg igjen ein papirlapp med sju små ord....

2 14 Eg mista meg sjølv heilt, og det einaste som var igjen var eit Mange seier at det kjennest som om livet fell i grus når nokon ein er nær går bort. Men det var ikkje livet som gjekk i stykker. Livet gjekk vidare, men eg gjekk i stykker. Eg mista meg sjølv heilt, og det einaste som var igjen var eit voldsamt sinne og ei djup fortviling. Sjølv om eg etter kvart klarte å gje inntrykk av at eg fungerte, og fekk meg utdanning og jobb, var det kaos og vonde kjensler som regjerte på innsida, seier Kathrine. 22 år etter at ho mista bestevenninna si, er framleis tomrommet etter Marta Margrete Økland både stort og vondt for Kathrine Fedøy. Sjølv om ho ikkje mangla venner i ungdomstida, var det ingen som var like nære som Marta. Ho var ikkje så flink til å snakka om ting, og delte ikkje så mykje. Eg trur det var difor me fann kvarandre, for me hadde begge ting å streva med, og ingen av oss likte å snakka om det. Me kunne berre vera saman, utan at det blei stilt krav til nokon av oss. Det var noko av det fine. Me forstod kvarandre, fortel Kathrine. Då Marta døydde, gjekk eg med ei grunnleggjande kjensle av djup fortviling og sinne. Eg lova meg sjølv å aldri sleppa nokon så tett innpå meg igjen, slik at eg ikkje kunne bli så såra ein gong til. Det er det dummaste løftet eg har gjeve meg sjølv, men eg har halde det. Det er først no når eg har blitt vaksen at eg har sett kor viktig det er å sleppa folk inn, men no klarer eg det ikkje, etter å ha halda alle på avstand så lenge, seier 41-åringen. Ho ønskjer meir openheit om korleis sorga kan ta ulike former, for at andre skal komma seg gjennom dei tøffe taka på ein betre måte enn ho sjølv har gjort. Eg ser no at min måte å takla dette på har vore usunn og til skade for meg sjølv. Eg avviste alle rundt meg, og sjølv om det snart er 22 år sidan, har eg framleis eit godt stykke igjen av sorgprosessen min, seier Kathrine. Då Marta døydde, gjekk eg med ei grunnleggjande kjensle av djup fortviling og sinne. Kathrine Fedøy I fleire år prega tapet av venninna henne. Same kva ho prøvde, kom ikkje Kathrine seg vidare i livet. Redninga, fortel Kathrine, var å bli mor. Då gjekk det opp for henne at det verkeleg var eit liv etter - for dei som sit igjen. Det var først då eg fekk ein son for åtte år sidan at tomrommet blei fylt. Eg fekk fred i sjela og kunne gle meg over livet igjen, seier Kathrine. Det er ingen som veit kor mange som velgjer å avslutta livet sjølv. Offentlege tal tyder på mellom 400 og 500 personar kvart år. Linda Amundsen, som er leiar i Leve Hordaland, meiner det er grunn til å tru at om lag ti prosent av desse kjem frå Hordaland. Når det då er om lag ti menneske rundt kvart enkelt dødsfall, kan du rekna på kor mange som er rørt av dette. Det blir fort mange tusen i løpet av nokre år, seier Amundsen som jobbar

3 voldsamt sinne og ei djup fortviling. for å sikra omsorg og støtte til pårørande etter sjølvmord. Ho meiner det er viktig at både støtteapparatet for dei etterlatte, og samfunnet elles, er medvitne dei utfordringane som følgjer i kjølvatnet av eit sjølvmord. Som etterlatt etter sjølvmord slit ein med heilt andre ting enn om ein til dømes mister nokon i ei bilulukke, eller andre brå dødsfall. Særleg gjeld dette den skuldkjensla og skammen mange kjenner på når ein av deira nærmaste tar sitt eige liv. Ein kan ha gjort sitt ytterste for å strekka ut ei hand og gje hjelp, men når det av ulike grunnar ikkje lukkast, og utfallet blir at livet blir avslutta på ein så tragisk måte, er det tungt. Sjølv om andre menneske kan seia at du har gjort alt du kan, tar det ofte veldig lang tid før ein kan klara å integrera dette i eigen fornuft og i sine eigne kjensler. Somme klarer det aldri, og klandrar seg sjølv så lenge dei lever, seier Amundsen. Kathrine Fedøy sleit lenge med tapet av venninna. Ho er oppteken av at støtteapparatet er på hogget, og ikkje let det vera opp til den enkelte pårørande å finna hjelp. Dei etterlatte har ikkje peiling på kva form for hjelp dei treng i slike situasjonar. Då er det hjelpa som må komma til den etterlatne. Det fungerer bra ein del plassar i Hordaland, men me kan ikkje seia at det fungerer like godt i alle kommunane, seier Amundsen. På grunn av at sjokket er så stort for dei som sit igjen etter eit sjølvmord, meiner Amundsen det kviler eit ekstra stort ansvar på støtteapparatet til å følgja opp meir standhaftig enn i andre saker. Eg vil ikkje seia at dei må masa, men dei må ikkje gje seg. Det kan godt vera at ein først takkar nei til tilbod om hjelp, men likevel har behov for det. Om ein som støtteapparat blir avvist, bør ein prøva å ta kontakt på ny etter ei tid, seier Amundsen. Ho har ei klar oppmoding til alle 15 Ein kan ha gjort sitt ytterste for å strekka ut ei hand og gje hjelp, men når det av ulike grunnar ikkje lukkast, og utfallet blir at livet blir avslutta på ein så tragisk måte, er det tungt. Linda Amundsen som kjenner nokon som opplever sjølvmord i familien eller omgangskretsen: Ta kontakt. Ingen ventar at nokon skal klara å setja seg inn i kva dei etterlatte går gjennom, men berre det å oppleva medmenneskelegheit og omsorg betyr veldig mykje. Det treng ikkje å vera så viktig kva ein seier. Eit klapp på skuldra eller eit handtrykk kan vera nok, seier Amundsen. Det, meiner Amundsen, kan også vera god sjølvmordsforebygging. Me veit kor viktig det er for folk å bli sett. Det å bry seg om og inkludera andre menneske, det er enkle tiltak i kvardagen som har vesentleg effekt, seier Amundsen....

4 16 Ta kontakt. Ingen ventar at nokon skal klara å setja seg inn i kva medmenneskelegheit og omsorg betyr veldig mykje. Mona Lene Hareide (t.v) og Kathrine Fedøy. Mona Lene Hareide blar i gamle album, og finn fram dei bileta ho likar best. Ho smiler forsiktig når ho ser dei gamle fotografia, samstundes som klumpen i halsen får stemma til å skjelva. Det er snart 22 år sidan veslesøstera, Marta Margrete, tok livet av seg. Framleis er det vanskeleg å snakka om. Det er når ein plutseleg blir lettare til sinns, og mindre dyster, ein skal bli uroleg. Det har me lært i ettertid. Hadde me visst det då, hadde sjølvsagt alarmane ringt. Men me visste ikkje, seier Mona Lene som fortel om ei sprudlande og blid veslesøster. Overgangen kom då Marta Margrete byrja på ungdomsskulen. Me vaks opp i ein kristen heim, og det er klart at alle hadde vel eit slags ungdomsopprør på kvar vår måte. Marta Margrete byrja å sminka seg, tok hol i øyrene og gjekk på fest. Det blei ein markant overgang frå barneskulen til ungdomsskulen. Tysnes er ei lita øy, med eit lite miljø. På den tida hamna du anten blant dei tøffe og På den tida hamna du anten blant dei tøffe og kule eller blant dei søte og snille Mona Lene Hareide kule eller blant dei søte og snille, fortel Mona Lene. Sommaren før Marta Margrete tok livet av seg, gifta Mona Lene seg. For første gong skulle ho feira jul med dei nye svigerforeldra i Molde. Marta Margrete hadde vore tidleg ute med julehandelen, og gåva frå veslesøstera var med i bagasjen då Mona Lene sette seg på flyet nordover. Ho var så roleg, og det verka som ho såg så lyst på livet. Difor reiste eg med god samvittigheit, fortel Mona Lene. Det kom difor som eit sjokk då eldste søstera ringde på morgonen 20. desember. Eg hugsar at eg sette meg på senga og gret, og tente meg ein røyk. Det er første og siste gong eg har gjort det. Då ho ringde forstod eg at Marta Margrete verkeleg hadde bestemt seg. Om dei andre forsøka var rop om hjelp, hadde ho no teke valet som ikkje kunne gjerast om. Tre dagar seinare, på veslejulaftan, blei Marta gravlagd. Dagane etterpå blei fulle av kontrastar for familien på Flatråker. Dottera og veslesøstera, Marta Margrete, var død, men i heimen var det framleis liv, der fire små gledde seg til julefeiring og presangar. Jula blei heilt surrealistisk, med grining og song om kvarandre. Hadde det ikkje vore for desse niesene og nevøane våre, veit eg ikkje korleis det skulle gått, fortel Mona Lene. I løpet av juleferien blei det invitert til ei samling for ungdommane i bygda, for å snakka om det som hadde skjedd. For søster Mona Lena var det tøft, men i ettertid er ho glad for at dei valde å gjera det slik. På den samlinga, der me hadde med både prest og lege, kom det fram at det var fleire andre i miljøet som hadde gått med dei same tankane som Marta Margrete. Eg veit ikkje om me faktisk avverga nye sjølvmord den kvelden, men det fekk i alle fall fleire til å tenkja over korleis det er for dei som må leva vidare etter at nokon har teke sitt eige liv, seier Mona Lene.

5 dei etterlatte går gjennom, men berre det å oppleva 17 Liv Kari Bru var den siste leiaren av Leve i Sunnhordland. Finn trøyst i fellesskap Det er veldig ulikt kva folk føler er godt for dei. Medan somme synest det er ei belastning å vera saman med mange som har opplevd det same, og føler at dei på ein måte ikkje kjem seg vidare, er det andre som synest det er god hjelp i å møta andre med like erfaringar, seier Liv Kari Bru. Ho var den siste leiaren i Leve sitt lokallag i Sunnhordland. Etter nokre år med liten aktivitet, blei laget lagt ned, og sunnhordlendingane i laget høyrer no til i Leve Hordaland. Men sjølv om det ikkje lenger finst ein lokal Leve-møteplass på Stord, og Bru har skifta jobb frå soknediakon til kyrkjeverje, jobbar ho framleis med etterlatte etter sjølvmord. Alle som opplever å mista nokon på Stord, får tilbod om sorggrupper. Dei som opplever brå død og ulukker får endå meir tilbod om oppfølging. Så er det opp til den enkelte å seia ja eller nei, men me gjev i alle fall tilbodet, seier Bru. Kva gjer de der? Det er ein fast liturgi kvar gong, men det er ikkje noko kyrkjeleg innhald i det. Det er dei som kjem som styrer samtalen, og det er mykje snakk om dei som er døde, og reaksjonane til dei etterlatte. Målet er at folk skal få verktøy til å meistra livet utan at det vonde skal dominera fullstendig, seier Bru som fortel at det no er soknediakon Lisbeth Nygård som leiar sorgarbeidet til kyrkja. Linda Amundsen i Leve Hordaland mei- Målet er at folk skal få verktøy til å meistra livet utan at det vonde skal dominera fullstendig ner den felles referansebakgrunnen til dei etterlatte gjer noko med forståinga av kvar enkelt sine traume. Ein finn ofte gjenklang hos andre i alle dei spørsmåla og kjenslene ein sit igjen med. Det å møta andre, og sjå at livet går vidare, sjølv om det kan ta tid, er veldig nyttig, seier Amundsen. Ho meiner fellesskap med andre som er i same situasjon også kan vera verdfullt over tid. Etter kvart som det går mange år sidan sjølvmordet, er det ikkje så mange miljø igjen der ein kan snakka om dette. Då har denne gruppa vist seg å vera god for mange, seier Amundsen. Liv Kari Bru...

6 18 Sjølv bak dei mørkaste skyer skin sola. Hald fast på håpet Sjølv bak dei mørkaste skyer skin sola. Det er bodskapen til Liv Åse Dybdal ved Stord DPS. Me må aldre gløyma at det er håp. Uansett kor mørkt det ser ut, finst det ei framtid, der ting kan bli betre, seier Liv Åse Dybdal, som er leiar for Stord DPS. Gjennom jobben møter ho ofte personar som går med tankar om å ta livet av seg. Hennar inntrykk er at problematikken er relativt utbreidd i vårt lokalsamfunn. Men det betyr ikkje at alle som tenkjer på dette har ei psyksik liding. Dette kan vera tankar ein får i ein fortvila livssituasjon, der ein ikkje ser noko meining med å leva vidare. Det er først når desse tankane kvernar vidare, og det blir meir langvarig og konkret det byrjar å bli skummelt, seier Dybdal. Me ser at det ofte er dei som er djupt deprimerte som kan få alvorlege tankar om å ta livet av seg. Det kan vera så slitsamt og plagsamt med dei lidingane dei har, at dei rett og slett ikkje orkar meir, seier Dybdal. Ifølgje Dybdal er det fleire risikofaktorar som går igjen hos personar med sjølvmordstankar. Det kan til dømes vera ein kjærast som går sin veg, dårlege prestasjonar på skulen eller å mista jobben. Om ein mister alle desse haldepunkta som held oss på plass til kvardags, kan det bli ei massiv oppleving av at ein ikkje lukkast med noko i livet. Det kan vera skummelt, seier Dybdal, Psykologspesialist Beate Gjermstad har følgjande råd til dei som opplever at personar i nær omgangskrets ikkje klarer å finna lyspunkt i livet lenger. Dersom ein opplever at nokon i familien eller andre ein kjenner slit psykisk, og ein er bekymra for om dei kanskje har tankar om at dei ikkje vil leva lenger, er det viktig å spør direkte om dette. Mange vil kanskje vegra seg for å spør om noko så vanskeleg fordi dei er redde for å støta, såra eller provosera. Eg tenker at det å spør heller er eit uttrykk for omsorg og at ein bryr seg om ein. For mange er det nok også lettare å innrømma at dei har sjølvmordstankar når nokon spør om dette, og vegen er då oftast kort vidare til behandlingsapparatet. Å våga å spør kan faktisk utgjera ein veldig stor skilnad, og kanskje også bidra til å redda liv, seier Gjermstad. For mange er det lettare å innrømma at dei har sjølvmordstankar når nokon spør om dette Beate Gjermstad Difor skriv me om sjølvmord Sjølvmord blir som regel ikkje omtala i media. Det er det gode grunnar til. Aller tyngst veg argumentet om at merksemd kring sjølvmord medfører ein viss fare for at andre kan komma på same tanken, og dermed føra til ein slags smitteeffekt. Difor skriv me ikkje om enkeltpersonar som tar livet av seg, slik me dekkjer andre dramatiske hendingar i nærmiljøet der nokon mister livet. I haust har me sett ei klar oppmjuking av dette i både TV og aviser over heile landet. Meir eller mindre profilerte personar har stått fram og fortalt om sine opplevingar, for å setja søkjelys på det dei meiner er meir enn personlege kriser. Sjølvmord er, om me løftar blikket frå enkeltlagnadene, eit samfunnsproblem. Det fortener meir merksemd enn kryptiske notisar. Dette viser også igjen i pressa sine etiske retningslinjer, Vær Varsam-plakaten, som blei endra for få år sidan. Der det tidlegare stod at sjølvmord og sjølvmordsforsøk som hovudregel ikkje skulle omtalast, står det no følgjande: «Vær varsom ved omtale av selvmord og selvmordsforsøk. Unngå omtale som ikke er nødvendig for å oppfylle allmenne informasjonsbehov. Unngå beskrivelse av metode eller andre forhold som kan bidra til å utløse fleire selvmordshandlinger». Som fleire av ekspertane i reportasjen påpeiker, kan det vera godt å snakka om dette problemet, både for pårørande og personar som går med slike tankar. Det ynskjer me å bidra til, ved å reisa debatten på ein sakleg og nøktern måte lokalt. Vonleg bidrar me til å senka terskelen for å snakka om sjølvmord og sjølvmordstankar eit lite hakk. Det er ikkje triveleg å lesa om. Men så er heller ikkje verda ein triveleg plass alltid, for alle..red

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv Opne førelesingar M44 20. Januar 2011 Christiane Weiss-Tornes Presentert av Tine Inger Solum Disposisjon: 1. Korleis blir eg utmatta? 2. Varselsymptom

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

I N N H O L D. Forord

I N N H O L D. Forord BOKVENNEN 2012 I N N H O L D Forord Annlaug Selstø «Aläng» Ero Karlsen «Slutten på nysgjerrighet» Kjersti Kollbotn «Rom null-trettiåtte: Trøyst» Kristian Bjørkelo «Spegelen» Siri Katinka Valdez «Alle er

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Ved Kari Vik Stuhaug Helsepedagogikk Helse Fonna 5. Mars 2015 09.03.2015 Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna 1 Kva gjer du når du får eit problem? Og kva

Detaljer

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s.

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 1 INNHALDSLISTE 1. Forord s. 2 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 6 3. Ein av foreldra/føresette eller syskjen

Detaljer

Demens i familien. Demenskonferansen 2015 12.mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Demens i familien. Demenskonferansen 2015 12.mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda Demens i familien Demenskonferansen 2015 12.mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda Korleis er det å leve med demens i familien? Finst mykje kunnskap

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Eit barn for lite. Marie levde ikkje sitt korte liv forgjeves. Ho lærde oss mykje, seier f. 18 Reportasje

Eit barn for lite. Marie levde ikkje sitt korte liv forgjeves. Ho lærde oss mykje, seier f. 18 Reportasje 18 Reportasje Eit barn for lite Dei små som berre får leva ei lita stund set óg djupe spor i foreldra sine liv. I denne serien blir vi nærmare kjent med nokre av dei som miste sine kjære så altfor tidleg.

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Skulestart er ei stor hending for alle barn. Dei aller fleste barn og foreldre ser fram til

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

VÅGE SKULE BESØKSSKULE VÅGE SKULE BESØKSSKULE Velkommen til Våge skule på Bømlo. Du finn skulen vår ca 2 km sør for Kulleseidkanalen. Skulen ligg godt plassert i naturen, noko som gjer det lett for store og små elevar å vera

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Månadsplan for Hare November

Månadsplan for Hare November Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Av Eli Gunnvor Grønsdal Då Tehmina Mustafa kom til Noreg, som nyutdanna lege, fekk ho melding om å ta utdanninga på nytt. Ho nekta. I dag er ho professor i

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012 Om Øving Lyneld Øving Lyneld er primært ei varslingsøving som Fylkesmannen i Hordaland gjennomfører med ujamne mellomrom for å teste beredskapsvarslinga til kommunane i Hordaland og Hordaland fylkeskommune.

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

Tor Arve Røssland. Oslo

Tor Arve Røssland. Oslo Tor Arve Røssland Svarte-Mathilda Oslo Om denne boka Ei ung jente blir funnen knivdrepen i heimen sin. Mordet blir aldri oppklart. Leilegheita som var åstaden for mordet, står tom i 20 år. Når Elisabeth

Detaljer

Setring ved Håbakkselet Hareid

Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet. Erling Hovlid og Einar Jacobsen Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet Steinar Hovlid (f. 1926) fortel til Leif Arne Grimstad om Håbakkselet i Vikebladet/Vestposten laurdag 22. desember

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEINNKALLING Møtedato: 03.09.2015 Møtestad: Heradshuset Møtetid: Kl. 16:00 Merk deg møtetidspunktet! Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå

Detaljer

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman Carl Frode Tiller Innsirkling 3 Roman OM FORFATTEREN: Carl Frode Tiller (f. 1970) er ein av dei fremste forfattarane i norsk samtidslitteratur. For dei fire romanane Skråninga (2001), Bipersonar (2003),

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Tormod Haugland MØRK MATERIE Tormod Haugland MØRK MATERIE Roman FORLAGET OKTOBER 2015 TORMOD HAUGLAND Mørk Materie Forlaget Oktober AS 2015 Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg Exil Design hos OZ Fotosats AS Tilrettelagt for ebok

Detaljer

Velkomen til Mork barnehage

Velkomen til Mork barnehage Velkomen til Mork barnehage BARNEHAGELOVA Stortinget har i lov 17.juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehageloven) fastsatt overordna bestemmelsar om barnehagens formål og innhald. RAMMEPLANEN gjev styrar,

Detaljer

Eit friminutt frå sorga

Eit friminutt frå sorga Lokalavisa for Seljord - Kviteseid - Nissedal - Fyresdal - Tokke - Vinje Telemarks største lokalavis Nr. 61 42. årgang Laurdag 7. juni 2014 www.vtb.no Kr 20,- Totaks strender: Det har blitt mange og lange

Detaljer

Bearbeiding av vonde livserfaringar. 2.juni 2016 Ingen skal bære alene

Bearbeiding av vonde livserfaringar. 2.juni 2016 Ingen skal bære alene Bearbeiding av vonde livserfaringar 2.juni 2016 Ingen skal bære alene Oddfrid.Skorpe.Tennfjord@stolav.no Traumehendingar rystar mennesket, skakar opplevinga av kontroll, samanheng og meining (J.Herman,

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere! SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE Å R G A N G 2 0 1 3 N R. 3 2 5. 1 0. 2 0 1 3 ningslaust å gjere masse arbeid for å få l noko som vi meinar er eit bra opplegg dersom dei vi lagar det for ikkje bryr seg/prioriterar

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald Innhald Introduksjon... 1 Teori... 2 Den første beskrivelsen... 2 Den sekundære betydinga... 2 Assosiasjonar... 3 Målgruppa... 4 Kvifor har dei gjort det slik, og kvifor seier bildet kva det seier?...

Detaljer

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing Kvalitetsplan mot mobbing Bryne ungdomsskule Januar 2016 Kvalitetsplan for Bryne ungdomsskule 1 Introduksjon av verksemda Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum i Time kommune. Me har om lag 450 elevar

Detaljer

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii KoønnWEK v/sidgr.1- or 11(0I: iii &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. Opplysningar om søkjaren: Namn:Jorun Larsen Adresse: Seimsvegen 73 Postnr./stad: 5472 SEIMSFOSS Telefon: 91398512 Organisasjonsnr:

Detaljer

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon. Visitasforedrag i Vik 6. mars 2016 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar her i Vik! Det er ei fantastisk vakker bygd. Og det handlar ikkje berre om naturen. Her har forfedrene dykkar bygd dei vakraste

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

Om å høyre meir enn dei fleste

Om å høyre meir enn dei fleste Om å høyre meir enn dei fleste Anne Martha Kalhovde Psyk spl., PhD student Leiar av Forskning og undervisningseininga ved Jæren DPS Kva slags høyrselserfaringar er det snakk om? Erfaringar med å høyre

Detaljer

Jobbstrategien. KLAR FOR JOBB unge med nedsett funksjonsevne

Jobbstrategien. KLAR FOR JOBB unge med nedsett funksjonsevne Jobbstrategien KLAR FOR JOBB unge med nedsett funksjonsevne Ein døropnar til arbeidslivet Unge, positive og motiverte medarbeidarar er velkomne hos dei fleste arbeidsgivarar. Men unge med nedsett funksjonsevne

Detaljer

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg 5. JANUAR 2016 Mors friluftsliv - nyttig og naturleg Friluftslivsseminar Sogndal 5. januar 2016 Inger Marie Vingdal, HIOA Livslangt liv i natur Kvinne født 1927 Gardbrukar og budeie til1994 Enke, pensjonist

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! 17. mai er annleis enn alle andre dagar. Ein stor bursdag der alle er inviterte, tenkjer Mina, medan

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå. 13. POLYGONDRAG Nemninga polygondrag kjem frå ein tidlegare nytta metode der ein laga ein lukka polygon ved å måle sidene og vinklane i polygonen. I dag er denne typen lukka polygon lite, om i det heile

Detaljer

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Intervju med hamnemynde i Stord kommune. Intervju med hamnemynde i Stord kommune. 1. Kva er dykkar arbeid hos hamnemynde i Stord kommune, og korleis er dykkar rolle på Eldøyane? Mitt namn er Inge Espenes og eg er Hamnesjef i Stord Hamnestell.

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08 Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08 01.09 02.10 Røyskattene: Jakob 4 år og hausting av urter 35 rom rom Førskulegruppe Mathea 4 år David 5 år!! 36 05.09 06.09 07.09 Gruppe fotografering 08.09

Detaljer

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid BEST. NR. 456-NYN Ungdom i arbeid Utgitt første gong i 1985 Direktoratet for arbeidstilsynet Statens hus, 7468 Trondheim September 2002 Brosjyren er revidert og har fått ny lay-out. Mars 2008 Brosjyren

Detaljer