INNLEGG PÅ BRUDAGEN 2010

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "INNLEGG PÅ BRUDAGEN 2010"

Transkript

1 INNLEGG PÅ BRUDAGEN 2010 Godtfolk! Per Tveit, Agder Universitet For 5 dagar sidan var eg tilstades på opninga av Brandanger Bru. Det er den slankaste bogebrua i verda. Tillat meg å visa nokre bilete: Fig. 1. Øvst til.venstre: Hovudspennet vart bygd i Sløvåg. Øvst til høgre: To hollandske flytekraner løftar spennet. Nede til venstre: Hovudspennet vart transportert 4 km til brustaden. Det tok 5 timar. Nede til høgre: Hovudspennet er på plass. Berre rekkverk manglar. Hovudspennet er ein nettverkboge som vart bygd på ei steinfylling om lag 5 km frå brustaden. Spennvidda er 220m. Skaanska gjorde ein svært god jobb med bygging av brua. Aril Hanekamhaug stod for framdrift i arbeidet og fekk alle partar til å arbeida saman. Nettverkbogen er ein brutype som eg fann på då eg var student for 55 år sidan. Det er ei bogebru der nokre av hengestenger kryssar kvarandre minst to gonger. Til no er det bygd over førti nettverkbogar. Brandanger Bru er den tredje norske nettverkbogen. Det nyttigaste i dette innlegget er at det vert vist korleis ein kan finna materialbehovet for nettverkbogar med to køyrebaner og fortau for syklar og fotgjengarar. Desse nettverkbogane er truleg mest konkurransedyktige for spennvidder mellom 60 og 180m. Fyrst vil eg forklara kvifor nettverkbogen brukar så lite materialar. Deretter kjem ei samanlikning med andre bruer. Så litt om korleis ein lagar eit overslag over materialmengder i ein nettverkboge med to køyrebaner og gangbaner. Så om montasje av nettverkbogar. Til slutt vil eg laga ei samanlikning mellom ein nettverkboge og eit anna alternativ til bru i Sogndal på nordsida på av Sognefjorden. 1

2 Fig. 2. Framlegg til bru over Åkviksundet. (Teich & Wendelin 2001). Eg vil illustrera det eg seier med eit bilete av ein nettverkboge som to tyske studentar konstruerte då dei skreiv diplomarbeid hjå meg i Grimstad. Sjå fig. 2. Det var eit arbeid på 300 sider som dei fekk 1.0 for. Det ligg på internett på mi heimeside: home.uia.no/pert Nettverkbogen er som ein fritt opplagra bjelke. Bogen er trykksonen. Bogen er understøtta av hengestengene slik at stålet i bogen kan ta høg knekkspenning. Hengestengene er eit tynt steg. Det verkar best når alle stenger har strekk i alle fall i bruksgrensetilstanden. Undergurten er ei betongplate med to kantdragarar med plass for dei spennkablane som tek strekk-krafta i undergurten. Det er lett å visa at det største momentet i undergurten er i plata midt mellom bogane. Influensliner viser at langsgåande moment i undergurten er mykje mindre. Difor treng ein ikkje langsgåande bjelkar i undergurten. Vedlikhaldskostnadane vert mindre når det ikkje er stålbjelkar i undergurten. Mellom kantdragarane kunne ei ha klart seg med ei plate som var 27 cm tjukk. På fig. 2 er platetjukna 30 cm, men det er fordi studentane ville sikra at plata ikkje fekk for store nedbøyingar. Skulle ei bruplate få for store nedbøyingar, kan det motverkast til dømes med å spenna plasttrådar med ekstremt høg styrke under plata. I fig. 3 er ei samanlikning mellom studentane sin nettverkboge og tyske bogebruer med vertikale hengestenger. S tyder at bogane hallar mot kvarandre. N tyder at det ikkje er noko vindfagverk. Ein ser at ein kan spara mykje stål ved å bruka nettverkbogar. Det prikka området på fig. 3 indikerar vekta av ein mellombels undergurt for nettverkbogen. Fig. 3. Stålvekt for nettverkboge og tyske bogebruer med vertikale stenger. 2

3 Dei øvste linene i fig. 4 er laga av Max. Herzog ut frå bruer bygde før Lina for nettverkbogar har eg teikna sjølv. Det ser ut som om nettverkbogen oftast sparer meir enn halvdelen av stålvekta. Dersom det er nokon som veit om ein brutype som brukar mindre materialar enn nettverkbogen for brustader der hovudspennet er mykje lenger enn sidespenna, så vil eg gjerne vita det. Fig. 4 viser stålforbruk ved ulike brutypar. Fig. 5. Naudsynt platetjukn når ein berre tek omsyn til bæreevna. (Teich og Wendelin 2001). Fig. 5 viser naudsynt platetjukn mellom kantbjelkane i en nettverkboge. Overdekninga har auka litt sidan den tid, men auka betongstyrke kan heilt eller delvis kompensera for det. Skulle ein få store nedbøyingar i bruplata så kan det motverkast på mange måtar. Det er ikkje berre stålvekta som bestemmer brutypen. Fig. 6 viser andre grunnar til å velja nettverkbogar. Fig. 6. Samanlikning mellom nettverkbogar og andre stålbruer. 3

4 Då me underviste i brubygging ved Ålborg Universitetscenter, kravde me at studentane skulle sjå på tre alternativ før dei valde det alternativet som dei konstruerte. Eg vil no visa korleis ein lagar eit raskt og ikkje heilt nøyaktig overslag over eit nettverkbogealternativ med to køyrebaner og fortog for syklar og fotgjengarar. Fig. 7 gjev stålvekter for nettverkbogar med to køyrebaner og to gangbaner. Dei store punkta er tekne frå dei to tyske studentane sitt arbeid. Sjå fig. 2. Diagrammet er mest påliteleg nær desse punkta. Diagrammet gjeld for nettverkbogar der pilhøgda er 15% av spennvidda. Denne pilhøgda vert mykje brukt i Europa. I USA brukar dei ofte pilhøgder som er 20 % av spennvidda. Det gjev mykje mindre stålvekt. Mellom norske fjell kan ein bruka ein mellomting. Den raude streken på fig. 7 viser materialbehov for nettverkboge med spennvidde 100m og to fortog: Konstruksjonsstål i boge etc. 140t Spennkablar 15t Mellombels undergurt 70t Fig.7. Stålvekter i vegbru er med to køyrebaner. 3 Betong m 3 450m Fig. 8. Bolstadstraumen Bru vart bygd i Spennvidde 84 m. I Bolstadstraumen Bru i fig. 8 er pilhøgda 18% av spennvidda. Mellom høge fjell ser det bra ut. Sidan skal eg visa overslag for Loftesnes bru i Sogndal på nordsida av Sognefjorden. Mellom dei høge fjella som er der vil eg rekna med ei pilhøgde som er 17% av spennvidda. 4

5 MONTASJE AV NETTVERKBOGAR Før eg går over til å snakka om Loftesnes bru vil eg snakka om montasje av nettverkbogar. I Bolstadstraumen var det sand i elvebotnen. Stillaset på fig. 9 vart bygd på pelar i sanden. Det sperra for all trafikk i straumen. Når undergurten var støypt, var den ei god plattform for montasje av bogen. Når hengestengene var monterte, vart dei stramma til dei bar undergurten. Då kunne stillaset rivast. Mellombels stillas kan koma på tale mange stader. Til dømes der ein nettverkboge skal byggast over eit fleirspora gatekryss der ein ikkje vil ha søyler som vert i vegen for framtidig omlegging av krysset og som gjev dårlegare sikt. Fig. 9. Stillas for Bolstadstraumen Bru. Når ei kombinerar den mellombels undergurten på fig. 10 med bogar og hengestenger, får ein eit stivt stålskjelett som kan løftast dersom løftekreftene går i nærleiken av enden av stillaset. Sjå fig.17. Stålskjelettet kan bæra støyping av undergurten. Fyrst støyper ein rundt endane av bogen der spennkablane ikkje er rette. Så støyper ein kantdragarane. Kanskje helst frå begge sider for å hindra store nedbøyingar fordi stenger vert slappe under støypinga. Så støyper ein brubanen. I utlandet er det bygd over 40 nettverkbogar. Så vidt eg veit har dei alle stålbjelkar i undergurten Eg meiner at det ikkje bør vera stålbjelkar i undergurten. På side 30a i The Network Arch argumenterar eg i 17 punkt mot stål i undergurten. På neste side tek eg med 9 av desse punkta. Fig. 10. Mellombels undergurt for montasje av ein nettverkboge. 5

6 Argument mot stålbjelkar i undergurtar i nettverkbogar finn ein på side 30a på mi heimeside Eg tek med ni av argumenta her: 1. Permanente stålbjelkar i undergurten gjev større tverrsnittshøgd. Det ser mindre godt ut og fører ofte til lengre ramper. 2. Ein treng ikkje langsgåande bjelkar i undergurten fordi momenta i slike bjelkar vert små. 3. Langsgåande bjelkar som tek strekk gjev riss i betongen oppå bjelkane. Dette aukar vedlikehaldet. 4. Mellombels undergurtar er bolta saman på brustaden. Dei treng lite åtgjerder mot korrosjon. Prisen per ton vert ikkje høg. 5. Ein mellombels undergurt kan brukast mange gonger i netverkbogar med ulike lengder og breidder. 6. Ved ombruk av ein mellombels undergurt må ein kanskje laga nokre nye hol og kutta eller sveisa nokre stålprofilar. Trematerialane kan brukas om att eller brukast til andre formål. 7. Ein permanent undergurt av stål må lagast i verkstad og må vernast mot korrosjon i all framtid. 8. Forspenningskablar tek strekket i undergurten på en økonomisk måte. 9. Ei betongplate som er delvis forspent i lengderetningen treng lite vedlikehald. Eg held fram med å argumentera mot stålbjelkar i undergurten i nettverkbogar. Eg veit ikkje betre. Har eg rett så er det bra. Dersom eg tek feil, så er det liten fare for at nokon tek omsyn til mi meining. Fig. 11 viser eit tidleg stadium i bygginga av ein nettverkboge som kryssar ein kanal. Vinkelen mellom bru og kanal er 45 grader. Kanalen er knapt 70m brei. Brua er 100 m lang. Brua har 3 bogar for å gjera bruplata tynnare. Bogar, stenger og mellombels undergurt vert montert på eine sida av kanalen. Berre halvparten av stålskjelettet er vist. Dersom lengdene i stengene er rette, skulle det ikkje vera naudsynt med seinare stongjustering. Når bjelkane oppå pongtongen er festa til pilaren, kan stålskjelettet flyttast over til pongtongen. Så vert pongtongen dregen over kanalen og stålskjelettet vert flytta til lagera. Til slutt vert undergurten støypt. Eg meiner at vegvesenet bør overta den fyrste mellombels undergurten som vert brukt i Norge og leiga han ut for seinare bruk. Fig. 11 viser montasje av som skal kryssa ein kanal. ein skeiv nettverkboge 6

7 Fig. 11 viser eit framlegg til ein nettverkboge over Storestraumen i Skodje på Møre. Her kunne røyra i bogen under køyrebanen ha vore fløytte til brustaden og svinga opp til rett stilling. Så kunne stålskjelettet ha vorte montert på eit sidespenn og løfta på plass ved hjelp av ein stor pongtong og tidevatn. Stålskjelettet for hovudspennet kunne også løftast opp frå pongtongar på vassflata. Dersom bogen var røyr, kunne røyra fyllast med betong før brubanen under bogen vart støypt. I Kina er denne teknologien mykje brukt ved bygging av bogebruer. Fig. 11. Framlegg til nettverkboge i Skodje. Spenn 181m. Fig. 12. Montasje av Mangamahu Bridge i New Zealand. Spenn 85m. Fig. 12 viser korleis ein nettverkboge vart montert i New Zealand. Fyrst vart undergurten montert på to stålstøtter. Så vart dei to bogedelane montert ved hjelp av dei raude kranene. Den gule krana lyfte dei to mennene som skrudde bogedelane saman. Nettverkbogane er populære i New Zealand fordi Maoriane ikkje vil at åndene i elva skal forstyrrast. 7

8 Fig. 13. Montasje av Blennerhassett Bru i Ohio. Spenn 268 m. Så vidt eg veit er Blennerhassett Bru den lengste nettverkbogen i verda. Sjå fig. 13. Montasjemetoden vart påverka av at elva måtte haldast open under heile byggeperioden. Brua vart bygd i Ohio i USA fordi ho var billegare enn eit tidlegare framlegg. I høve til ei bru med vertikale stenger vart nedbøyinga grunna nyttelast redusert med ein faktor 11. Momenta i bogen vart redusert med ein faktor 4. Momenta i undergurten vart redusert med ein faktor 5. Fig. 14 viser eit framlegg til Loftesnes Bru. På fig.15 er ein nettverkboge antyda med raudt og blått. Dette alternativet burde kanskje flyttast litt nærare Sogndal slik at pilarane kan setjast på fastare grunn. Dersom bogane kjem rett bak kvarandre, så ville dei verka tynnare. Det gjer dei nesten aldri. 8

9 Fig. 16. Teich og Wendelin sin nettverkboge plassert i Loftesnes bru. For fort å få eit overslag over kostnadane for ein nettverkboge i Loftesnes Bru, kan ein plassera studentane sin nettverkboge der. Spennvidda er som de hugsar 135m. Sjå fig. 16. Samanlikninga haltar nesten ikkje fordi vassgjennomstrøyminga i sundet er om lag den same for dei to alternativa. Materialmengdene for tidlegare alternativ er: Materialmengdene frå Teich og Wendelin er: Konstruksjonsstål:230 t Boge: 313 t. konstruksjonsstål. Spennstål: 24.8 t Platbærar: 309 t. konstruksjonsstål. Armering:126 t Samla vekt: 1740 t Mellombels undergurt: 90 t Når ein korrigerar for auka pilhøgd, sparer nettverkbogen over 50% av konstruksjonsstålet og kanskje mykje av betongen. Truleg vil underbygningen kosta under det halve. Eg meiner at saka bør granskast nøye, men det er ved lange spenn at nettverkbogen er mest konkurransedyktig. Fig. 17 indikerar korleis stålskjelettet for ein 135m lang nettverkboge for Loftesnes Bru kan løftast av Uglen. Det er Norges største flytekran. Fig. 17 viser korleis ein nettverkboge kan lyftast av Uglen. Treforma for undergurten, spennkablane og litt armering kan også monterast i Sløvågen der hovudspennet for Brandanger Bru vart laga. Så har eg ikkje meir tid dersom det skal verta plass til spørsmål. Takk for at de høyrde på. 9

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå. 13. POLYGONDRAG Nemninga polygondrag kjem frå ein tidlegare nytta metode der ein laga ein lukka polygon ved å måle sidene og vinklane i polygonen. I dag er denne typen lukka polygon lite, om i det heile

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Målet med reportasjen er å setje fokus på praktiske løysingar for oppstalling av frisk kalv, god avdrått og avkastning med mjølkeproduksjon

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Tilleggsinnkalling til Formannskapet FLORA KOMMUNE Tilleggsinnkalling til Formannskapet Møtedato: 17.02.2015 Møtestad: Flora Samfunnshus Møtetid: 12:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU Møteinnkalling Stølsheimen verneområdestyre - AU Utval: Møtestad: Fjordsenteret, Aurland Dato: 30.09.2014 Tidspunkt: 11:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post fmsfano@fylkesmannen.no.

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Addisjon og subtraksjon 1358 1357 1307-124-158-158 =1234 =1199 =1149

Addisjon og subtraksjon 1358 1357 1307-124-158-158 =1234 =1199 =1149 Addisjon og subtraksjon Oppstilling Ved addisjon og subtraksjon av fleirsifra tal skal einarar stå under einarar, tiarar under tiarar osb. Addisjon utan mentetal Addisjon med mentetal 1 212 357 + 32 +

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert Sparetiltak Tiltak Stipulert sparesum Reduserte kostnader 1 Frukt og grønt i skulen, budsjettert med kr 4,-pr elev/dag 300 000 Dette er i tråd med sentrale føringar. Samla utgjer det kr 610 000,- Alternativt

Detaljer

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnr.: Saksbehandlar Utval for Oppvekst og Helse 04.11.2008 037/08 MO Kommunestyret 13.11.2008 072/08 MO Saksansvarleg: Eirik Natvik

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål VINJE SKOLE SOM MUSEUM Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål Vinje skole som museum Innleiing Dette notatet er laga etter at eg på vegne av Sparbyggja fortidsminnelag (av Fortidsminneforeninga)

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! 17. mai er annleis enn alle andre dagar. Ein stor bursdag der alle er inviterte, tenkjer Mina, medan

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter. KONTSTRIKKING I kontstrikking strikkar ein rute for rute omgangen rundt frå kant til kant i plagget ruterekkje for ruterekkje. Maskane på ei strikka rute blir verande på siste pinne og ein går rett over

Detaljer

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT Radøy kommune KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT Møtedato: 10.02.2015 Stad: Kommunehuset Kl.: 09.00 12.35 Tilstades: Arild Tveranger leiar, Astrid Nordanger nestleiar, Jan Tore Hvidsten, Oddmund

Detaljer

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Krav ved godkjenning av lærebedrifter OPPLÆRINGSAVDELINGA Fagopplæringskontoret - OPPL AVD Notat Dato: 20.01.2015 Arkivsak: 2015/727-1 Saksbehandlar: aseloh Til: Yrkesopplæringsnemnda Frå: Fagopplæringssjefen Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU Møteinnkalling Stølsheimen verneområdestyre - AU Utval: Møtestad: E-post, Fjordsenteret Aurland Dato: 09.11.2015 Tidspunkt: 12:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post fmsfano@fylkesmannen.no.

Detaljer

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald Innhald Introduksjon... 1 Teori... 2 Den første beskrivelsen... 2 Den sekundære betydinga... 2 Assosiasjonar... 3 Målgruppa... 4 Kvifor har dei gjort det slik, og kvifor seier bildet kva det seier?...

Detaljer

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling Møteinnkalling Utval: Yrkesopplæringsnemnda/Utdanningsutvalet Møtestad: 101 Fylkeshuset i Molde Dato: 23.10.2014 Tid: 10:30 Forfall skal meldast til utvalssekretær Ann Torill Vaksvik tlf 71 25 88 56 eller

Detaljer

Eksamen 23.05.2014. MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 23.05.2014. MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål Eksamen 23.05.2014 MAT1013 Matematikk 1T Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del 2: Framgangsmåte: Rettleiing om vurderinga: Andre opplysningar:

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEINNKALLING Møtedato: 03.09.2015 Møtestad: Heradshuset Møtetid: Kl. 16:00 Merk deg møtetidspunktet! Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå

Detaljer

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse KOMPETANSEMÅL Generelt om naturfag: Kunnskap om, forståelse av og opplevelser i naturen kan fremme viljen til å verne om naturressursene, bevare

Detaljer

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk Søk regionale miljøtilskudd elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne folderen er det ei skildring av korleis

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012 Om Øving Lyneld Øving Lyneld er primært ei varslingsøving som Fylkesmannen i Hordaland gjennomfører med ujamne mellomrom for å teste beredskapsvarslinga til kommunane i Hordaland og Hordaland fylkeskommune.

Detaljer

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Nordland fmnopost@fylkesmannen.no 24. mai 2016 Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Vi viser til vedtak i sak 2016/2718 den

Detaljer

Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Kjære alle! Gratulerer alle med dagen. Dette er ein merkedag for bevaringstenestene både her i fylket og nasjonalt! Hordaland

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN Os kommune Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Luranetunet Møtedato: 26.10.2004 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING

Detaljer

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar Dato: 29.02.2012 Ansvarlig: TSH Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar Unge funksjonshemmede takkar for høvet til å kommentera departementet sitt framlegg

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding: SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229 Arkiv: 631 A2 IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster Rådmannen si tilråding: 1. Luster kommunestyre vedtek, med tilvising

Detaljer

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

SAMLA SAKSFRAMSTILLING Side 1 SAMLA SAKSFRAMSTILLING Arkivsak: 05/1508-9606/08 Saksbeh.: Berit Marie Galaaen Arkivkode: PLAN 301/1 Saksnr.: Utval Møtedato 82/08 Formannskap/ plan og økonomi 05.06.2008 43/08 Kommunestyret 19.06.2008

Detaljer

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Bustadområde i sentrum. Vurdering Bustadområde i sentrum Vurdering Balestrand 10.10.2009 Gode bustadområde i Balestrand sentrum Kommuneplan, arealdelen Status I. Sentrumsnære buformer For Balestrand sentrum er det gjeldande reguleringsplanar

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00 MØTEPROTOKOLL Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/14 14/389 Framlegg til møteplan for Leikanger ungdomsråd våren 2014 2/14

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32 Saksframlegg Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32 Christian Frøyd - Søknad om oppføring av ny garasje og fasadeendring, gbnr. 21/48 -Ny handsaming. * Tilråding: Forvaltningsutvalet

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben Planseksjonen her For kunngjering av planvedtak Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2007/865 2907/2007 L12 SAM/ PH 11.04.2007 _ E39 VOLDA

Detaljer

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring. Vurdering av Hedalen mølle I Sør Aurdal Tilstand og forslag til utbedring. Rapporten er utarbeida av bygningsvernrådgjevar ved Valdresmusea Odd Arne Rudi 1 Bakgrunn Det er stiftinga Bautahaugen Samlingar

Detaljer

Eksamen 23.11.2011. MAT1015 Matematikk 2P. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 23.11.2011. MAT1015 Matematikk 2P. Nynorsk/Bokmål Eksamen 23.11.2011 MAT1015 Matematikk 2P Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del 2: Framgangsmåte: 5 timar: Del 1 skal leverast inn etter 2 timar.

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Eksamen 23.11.2011. MAT1005 Matematikk 2P-Y. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 23.11.2011. MAT1005 Matematikk 2P-Y. Nynorsk/Bokmål Eksamen 23.11.2011 MAT1005 Matematikk 2P-Y Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del 2: Framgangsmåte: 5 timar: Del 1 skal leverast inn etter 2

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE Sogndal kommune Utval: MØTEINNKALLING SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 02.06.2008 Tid: 1200-1400 Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

Arbeidskrav 2 del 3, eplejuice

Arbeidskrav 2 del 3, eplejuice Arbeidskrav 2 del 3, eplejuice Her er mine tre første skisser eg laga, etter vi fekk oppgåva: «I heimeoppgåve til neste gong får de velje mellom tre produkt. Alle tre produkta slit med å appellere til

Detaljer

2/12 Søknad om motorferdsel på og vedlikehald av vegar i Traudalen Rygg og Grov sameige

2/12 Søknad om motorferdsel på og vedlikehald av vegar i Traudalen Rygg og Grov sameige STYRET FOR NAUSTDAL-GJENGEDAL LANDSKAPSVERNOMRÅDE Håkon Myrvang Ola Tarjei Kroken Oddmund Klakegg SAKSBEHANDLAR: ALF ERIK RØYRVIK ARKIVKODE: 2012/3162-432.2 DATO: 11.07.2012 NAUSTDAL-GJENGEDAL LANDSKAPSVERNOMRÅDE

Detaljer

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER Indre Sogn Vassområde Gaupne 31.01.2014 Aurland kommune v/ Bjørn Sture Rosenvold 5745 Aurland KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER Me har fått opplyst at miljøproblem knytt til vassdragsutbygging

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Det har vore eit flott halvår på raud gruppe. I gruppa har me 13 born, 10 jenter og 3 gutar, ein pedagog og ein assistent. Me har hatt tre studentar denne hausten.

Detaljer

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Intervju med hamnemynde i Stord kommune. Intervju med hamnemynde i Stord kommune. 1. Kva er dykkar arbeid hos hamnemynde i Stord kommune, og korleis er dykkar rolle på Eldøyane? Mitt namn er Inge Espenes og eg er Hamnesjef i Stord Hamnestell.

Detaljer

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit MØTEBOK Tidspunkt: Måndag 4 november 2013 kl 1800 Stad: Rauland Kraftforsyningslag Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit Meldt forfall: Dorthe Huitfeldt Andre til stades

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 12.10.2015 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Variasjon i ventetider og fristbrot ARKIVSAK: 2015/2228 STYRESAK: 107/15 STYREMØTE: 10.11.

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Del 2 Maks: 41 poeng Hjelpemiddel: Det er lov med alle ikkje-kommuniserande hjelpemiddel

Del 2 Maks: 41 poeng Hjelpemiddel: Det er lov med alle ikkje-kommuniserande hjelpemiddel Faktor terminprøve i matematikk for 9. trinn Hausten 2008 nynorsk Del 2 Maks: 41 poeng Hjelpemiddel: Det er lov med alle ikkje-kommuniserande hjelpemiddel Bruk blyant på figurar og konstruksjonar - elles

Detaljer

M/S NYBAKK SI HISTORIE

M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S Nybakk vart bygd på Vaagland Båtbyggeri, rett nord for Kristiansund N, i 1961. Nybygget vart tildelt kallesignalet JXPH då kjølen vart strekt. Bueland Det var brødrene Jakob,

Detaljer

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald Innhald Introduksjon... 1 Teori... 2 Den første beskrivelsen... 2 Den sekundære betydinga... 3 Assosiasjonar... 4 Målgruppa... 4 Kvifor har dei gjort det slik, og kvifor seier bildet kva det seier?...

Detaljer

SIGNES VOTTAR. strikketeigen.com

SIGNES VOTTAR. strikketeigen.com SIGNES VOTTAR Lusevottar med konststrikka kant, middels damestorleik. Strikkinga kan varierast på mange måtar. I denne oppskrifta er det strikka kile til tommelen for å få god passform. Mønsteret er i

Detaljer

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden 0311 ESPEN ASKELADD VIDDA 1 VIDDA 2 0028 OSLO 123456 78910 BYDEL GAMLE OSLO 5. mars 2013 Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden Husbanken har

Detaljer

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule 10. september var Anne Brit og Mari frå Leikanger kommune på besøk hjå 9. trinn på Leikanger ungdomsskule. Tema for samlinga var lokaldemokrati,

Detaljer

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. MØTEINNKALLING Utval Komite for helse, omsorg, miljø Møtedato 04.12.2012 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Orienteringar: Barnevern Samhandlingsavdelinga Forfall skal meldast til telefon

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane Tiltak Vurdering Søknadssum/ totalkostnad 1 Loftesnes, hovudhuset Arbeidet med salen er i sluttfasen og fylkesdirektøren vurderer det som viktig at 450

Detaljer

SØKNAD OM UTVIDING AV BANDTVANGSTIDA FOR HUND I HEMSEDAL - HEMSEDAL SAU OG GEIT/HEMSEDAL SANKELAG

SØKNAD OM UTVIDING AV BANDTVANGSTIDA FOR HUND I HEMSEDAL - HEMSEDAL SAU OG GEIT/HEMSEDAL SANKELAG Arkivsak-dok. 16/00431-2 Saksbehandlar Viel Ribberud Saksgang Vilt- og innlandsfiskenemnda SØKNAD OM UTVIDING AV BANDTVANGSTIDA FOR HUND I HEMSEDAL - HEMSEDAL SAU OG GEIT/HEMSEDAL SANKELAG Saka vert avgjort

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Torun Emma Torheim Arkivsaksnr.: 12/2225-79

Saksframlegg. Sakshandsamar: Torun Emma Torheim Arkivsaksnr.: 12/2225-79 Saksframlegg Sakshandsamar: Torun Emma Torheim Arkivsaksnr.: 12/2225-79 Arkiv: L12 Områdereguleringsplan for SOS - Trudvang - Prestadalen og omkringliggande område Slutthandsaming i kommunestyret * Tilråding:

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009 1 PROTOKOLL Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009 L01/09 Oppnemning av møteleiar, referent, tellekorps og to personar til å skriva under landsmøteprotokollen.

Detaljer

Kulturhistoriske registreringar

Kulturhistoriske registreringar Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar på Vetlebotn Gnr 272 og 275 Myrkdalen Voss kommune Rapport 7 2004 Rapport om

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1 2 Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon

Detaljer

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 08.02.2012 12/16 Kommunestyret 01.03.2012 12/33

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 08.02.2012 12/16 Kommunestyret 01.03.2012 12/33 Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2010/2042 Løpenr.: 2053/2012 Arkivkode: L12 Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 08.02.2012 12/16 Kommunestyret 01.03.2012 12/33 Sakshandsamar:

Detaljer

Turmål 2009 - Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Turmål 2009 - Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh) 1 Bergstjednet (856 moh) Posten er sett opp ved nordenden av Bergstjednet (856 m.o.h.), som er det einaste tjednet på Slidreåsen/Magistadåsen. Parker ved fylkesvegen over Magistadåsen der skogsbilvegen

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 MØTEPROTOKOLL Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene

Detaljer

Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/11-2005.

Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/11-2005. Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/11-2005. Oppgåve 1 a) Rekn ut gcd(788, 116). Finn alle løysingane i heile tal til likninga 788x + 116y = gcd(788, 116). b) Ein antikvar sel ein dag nokre

Detaljer