STATUSRAPPORT Februar 2015

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "STATUSRAPPORT Februar 2015"

Transkript

1 STATUSRAPPORT Februar 2015 norsk AV I S S E N T E R «På nokre månader i Nynorsk avissenter fekk eg eit heilt bevisst forhold til språket mitt, nynorsk, og eg elska det» Nynorsk Nynorsk Praktikant Malene Indrebø-Langlo Nynorsk Nynorsk dare Ordet fer vi enn mannen Ivar Aasen Nynorsk avissenter (NA) tek inn fire praktikantar i halvåret. Dei får fire månader praksis i Firda Media i Førde landets største nynorskavis og deretter to månader praksis i ein sjølvvald redaksjon. Dei får over 20 førelesingar i språk, etikk og journalistisk metode, i samarbeid med NRK Nynorsk mediesenter som gir opplæring etter same modell for radio, fjernsyn og nett. Føremålet er å styrke rekruttering, nyskaping og utvikling til medium som publiserer på nynorsk. 1

2 Kull 4 er på plass, kull 3 ute i praksis Løyving på 2,2 millionar kroner over statsbudsjettet Frå prosjekt til Stiftinga Nynorsk avissenter Større vekt på levande bilde og digital dugleik STOR DAG: Nynorsk avissenter er inne på statsbudsjettet. F.v. praktikantane Solveig Avelsgaard Lien, Inger Marie Lien, Knut Ådne Røen, dagleg leiar Ivar M. Longvastøl, styreleiar Yngve Årdal, praktikant Malene Indrebø-Langlo og tidlegare praktikant Camilla Aasen Bøe. Foto: Bent Are Iversen PÅ STATSBUDSJETTET 21. november skreiv Høgre, FrP, Venstre og KrF under avtalen som gir Nynorsk avissenter ei løyving på 2,2 millionar kroner i Med kroner frå Firda Media/Amedia sikrar dette god opplæring for åtte nye nynorskbrukande journalistpraktikantar. Vi har også litt pengar til utviklingsarbeid. Nynorsk avissenter var ikkje inne i regjeringas framlegg til budsjett, men vi kom med takka vere iherdig arbeid frå mange gode krefter som meiner at god journalistikk på nynorsk er viktig. Det er rett å trekkje fram Venstre som spelte ei avgjerande rolle i budsjettforhandlingane. Statstilskotet er løyvt over kapittel 326 «Språk-, litteratur- og bibliotekføremål» post 78 «Ymse faste tiltak» i budsjettet til Kulturdepartementet. Vi søkjer no om vidare løyving for 2016, med frist 1. mars. 2

3 Foto: Bent Are Iversen KULL 4 ER I FARTA Trass i uvisse om vidare drift, fekk Nynorsk avissenter 18 søkjarar til kull 4 i fjor haust, og fire energiske og vitelystne praktikantar var på plass 5. januar. I timeplanen for denne gjengen legg vi enda større vekt på levande bilde, digital dugleik og datastøtta journalistikk. Dei har allereie hatt to MOJO-kurs (journalistikk med mobiltelefon) og har delteke på NODA15 Nordic Data Journalism Conference i Ålesund. Hallgeir Berge (fødd 1984, frå venstre) frå Strandebarm i Hardanger er bachelor i filosofi frå Universitetet i Bergen. Han har studert spansk i Mexico, portugisisk i Brasil, i tillegg til eitt års studium i USA. Har arbeidd blant asylsøkjarar i Norge og i Afrika. Hallgeir er spaltist i lokalavisa Hordaland Folkeblad, og han er godt kjend med og i media gjennom hovudrolla i dokumentarfilmen «Lykkens ansikt» på TV2. Tove Elise Thue Dale (1984) frå Ålesund har mastergrad i utviklingsstudium frå School of Oriental and African Studies ved universitetet i London. Ho lærte arabisk i Kairo og har teke Midtausten-studiar, og ho var flyvertinne i Emirates Airlines i to år, med base i Dubai. Har brei jobberfaring frå mange bransjar i Norge og utlandet, og ho har prøvd seg som lokalpolitikar for Venstre i heimbyen. Åsta Urdal (1987) frå Vassenden i Jølster har studert film og fjernsyn med fordjuping i dokumentarregi ved Nordisk Institutt for Scene og Studio i Oslo. Ho har årseining i folkekunst ved Høgskulen i Telemark. Åsta har assistert ved fleire produksjonar i NRK, og ho har arbeidd i produksjonsselskapet Monster med å plukke ut kandidatar og drive undersøking til dokumentarseriar. Ingvild Rørtveit Myklebust (1993) kjem frå Nedstrand i Tysvær kommune i Rogaland. Ho er nesten ferdig med bachelorstudiet i statsvitskap ved Universitet i Stavanger, men utset siste halvåret for å lære meir journalistikk i Førde. Ingvild har vore frilansar for lokalavisa Tysvær Bygdeblad sidan ho var 15 år. Var ungdomsarbeidar og dreiv konfirmantopplæring i Randaberg kyrkjelyd. 3

4 STIFTINGA NYNORSK AVISSENTER Stiftinga Nynorsk avissenter vart stifta 28. januar i år med Mediebedriftenes Landsforbund (MBL), Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og Firda Media som stiftarar. Yngve Årdal, ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Firda, er styreleiar, med Randi S. Øgrey, administrerande direktør i MBL og Vidar Høviskeland, dagleg leiar i LNK, som styremedlemmer. STYRET: F.v. styremedlem Vidar Høviskeland, LNK, styreleiar Yngve Årdal, Firda, dagleg leiar Ivar M. Longvastøl og styremedlem Randi S. Øgrey, MBL. STIFTINGA SIN FØREMÅLSPARAGRAF: Stiftinga sitt føremål er å bidra til å styrke rekruttering, nyskaping og utvikling til medium som publiserer på nynorsk. Dersom styret finn det tenleg, vil ein kunne tilføre andre oppgåver dersom dei kan bidra til å styrke nynorske medium eller nynorsk skriftmål. Stiftinga sitt primære arbeidsområde vil i starten vere å utdanne journalistar for å styrke rekrutteringa til medium som publiserer på nynorsk. Ivar Myklebust Longvastøl (57) tok over som dagleg leiar i NA etter Arve Sandal 1. september i fjor. Longvastøl er utdanna lærar og journalist frå Volda og har over 30 års røynsle som journalist i Møre-Nytt, Firda og NRK Sogn og Fjordane, og han var med å starte næringslivsportalen nett.no hausten TAKK TIL STØTTESPELARANE Hausten 2012 tok Firda Media initiativet til å opprette Nynorsk avissenter i Førde. Økonomisk støtte frå desse fem var avgjerande for å få dette til: Regionale utviklingsmidlar, forvalta av Innovasjon Norge kr. Vinjefondet, løyvt av Kulurdepartementet og forvalta av Nynorsk kultursentrum kr. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane kr. Amedia / Firda kr. Sogn og Fjordane Fylkeskommune kr. Stor takk også til Arve Sandal som var prosjektleiar frå starten og la eit solid grunnlag for vidare drift, og til Rolf Årdal som var med oss heilt fram til den statlege løyvinga var på plass. Med driftstilskot frå staten og spranget frå prosjekt til ei ideell stifting, har vi følgt planen og nådd måla så langt. 4

5 FRÅ KLASSEKAMPEN TIL HORDALAND Foto: Ivar M. Longvastøl Kull 3 er no inne i den siste månaden med praksis i ein sjølvvald redaksjon. Her fortel dei om seg sjølve. Frå venstre på bildet. SOLVEIG AVELSGAARD LIEN (FØDD 1985) FRÅ STJØRDAL Tidlegare utdanning: Mastergrad i statsvitskap og bachelor i fransk (frå NTNU), russisk språk og litteratur (frå Kviterussland). Praksis: Utanriksavdelinga i Klassekampen. Praksisrettleiar: Utanriksredaktør Yohan Shanmugaratnam. Kva eg lærte i NA: Fekk god greie på kva journalistisk vinkling er og fekk mykje trening i å prøve å få til gode vinklingar i eigne saker. Fekk fart på evna til å skrive nynorsk, ein kunnskap som har lege brakk sidan eg gjekk på vidaregåande. Lærte å ta bilde og redigere video, og eg fekk prøvd ut og trent mykje på dette i løpet av månadene i Førde. MALENE INDREBØ-LANGLO (1993) FRÅ FLORØ Tidlegare utdanning: Halvstuderte internasjonale fag ved Universitetet i Bergen og Høgskulen i Akershus. Utveksla eit semester til Pondicherry, India. Tek no samfunnsfag på Høgskulen i Sogn og Fjordane ved sidan av Nynorsk avissenter. Praksis: Sunnmørsposten. Praksisrettleiar: Nyheitsredaktør Sindre Halkjelsvik. Kva eg lærte i NA: Tidlegare har eg ikkje vore noko oppteken av korleis eg uttrykte meg skriftleg, berre eg fekk uttrykke meg. På nokre månader i NA fekk eg eit heilt bevisst forhold til språket mitt, nynorsk, og eg elska det. Elles er NA verdas raskaste journalistskule og går inn på alt, frå teori, historie og kanskje det viktigaste; praksisen. Den ballasten eg fekk med meg på fire månader i Førde kan ingen høgskule gi meg like fort. INGER MARIE LIEN (1988) FRÅ FØRDE Tidlegare utdanning: Bachelor i språk og informasjon (UiB), master i samfunnskommunikasjon (UiA). Praksis: Fædrelandsvennen. Praksisrettleiar: Redaksjonssjef Arild Sandvik. Kva eg lærte i NA: Nynorsk avissenter er ein unik lærestad for nynorskbrukande journalistspirer, og i løpet av dei fire månadene i Firda blei eg meir bevisst på kor godt nynorsk fungerer som formidlingsspråk. Opplæringa er unik på grunn av blandinga av teori og praksis, rettleiing undervegs frå dyktige redaktørarar og journalistar og ved at vi får ansvar for saker allereie første veka. Noko av det mest spennande og utfordrande eg lærte, var intervjuteknikk, kritisk kjeldekritikk og å ta styring i sakene. KNUT ÅDNE HAUKANES RØEN (1989) FRÅ SAMNANGER Tidlegare utdanning: Medium og kommunikasjon med allmennfagleg påbygging på vidaregåande skule. Bachelorgrad i samanliknande politikk ved UiB. Praksis: Avisa Hordaland. Praksisrettleiar: Redaktør Elin Madsen. Kva eg lærte i NA: I tida i Nynorsk avissenter var eg som praktikant ein del av redaksjonen i Firda og fekk med det innblikk i korleis ei (større) lokalavis arbeider. Eg jobba med eit breitt utval av saker på fleire plattformer (tekst og foto digitalt og på papir, samt video), med jamleg rettleiing og tilbakemeldingar frå erfarne journalistar. Utvikling av språket var òg ein viktig del av opplæringa, både med omsyn til skriveteknikk generelt og bruk av nynorsk spesielt. Samstundes gav førelesingane undervegs eit nødvendig fagleg grunnlag, med opplæring i språk, forteljarteknikk og presseetikk. 5

6 KULL 1 OG 2 KVAR ER DEI NO? Kull 1, f.v. Marit Brennset (1986) informasjonsrådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune (vikariat), Ina Eirin Eliassen (1984) fast jobb som journalist i nettavisa Porten.no i Årdal, Thea Idsøe (1990) fullfører lektorutdanning ved Universitetet i Bergen, Kristine Monstad Stensland (1987) fast jobb som journalist i Gjesdalbuen. Kull 2, f.v. Camilla Aasen Bøe (1986) frilansjournalist og jobbsøkjar, Frode Grimelid (1987) journalist i Firda (vikariat), Marius Tennøy Myklebust (1989) fast jobb som journalist og nettansvarleg i Møre-Nytt, Siri Helle (1982) forfattar og journalist i Dag og Tid (vikariat), ho gav nyleg ut boka «Handle rett Lure val i ein matbransje full av juks». 6

7 MOBIL REPORTER: Praktikant Solveig Avelsgaard Lien på reportasje i steinbrotet til Bremanger Quarry, ei bedrift med ein omsetnad på 215 millionar kroner i Foto: Bent Are Iversen KREVJANDE TIDER GODE TILBAKEMELDINGAR Det er krevjande tider i mediebransjen, og vi skulle ønske det var lettare for unge, ambisiøse journalistar å få jobb, men det er håp for flinke folk. I ei gransking som Nynorsk avissenter gjorde blant 53 nynorskaviser i 2013, svarte kvar tredje redaktør at dei måtte rekruttere nye journalistar innan eitt år. Redaktørane vi har snakka med, seier at dei ønskjer «journalistar som er digitale i hovudet». Difor legg Nynorsk avissenter stor vekt på digital dugleik og produksjon av levande bilde i opplæringa. I jakta på «klikk» og nye måtar å presentere journalistikk på, må vi halde fast på kvalitet og godt, gammaldags handverk i form av uavhengig og vesentleg journalistikk, kjeldekritikk, etikk og godt språk. Utan, er bransjen sjanselaus i konkurransen mot sosiale medium og nye aktørar og plattformer. Stiftinga Nynorsk avissenter utdannar journalistar som brukar nynorsk, for på den måten å styrke nynorsk som eit levande og moderne bruksspråk. Dette er grunnlaget for løyvinga over statsbudsjettet. Vi rekrutterer unge menneske som har ei anna utdanning med seg, og vi søkjer etter engasjerte, uredde og viljesterke personar. Det hjelper lite med all verdas utdanning, viss ikkje journalisten har desse eigenskapane. Med etablering av Stiftinga Nynorsk avissenter, frigjer NA seg formelt og økonomisk frå Firda Media, men Firda er framleis vertskap og «klasserom» for praktikantane, og eit tett og godt samarbeid er nødvendig for å lykkast. Difor er det avgjerande for NA at Firda og Amedia er i fremste rekkje når det gjeld utvikling, nyskaping og journalistisk kvalitet. Nynorsk avissenter er ein del av ei nynorsk medieklynge med kring 100 arbeidsplassar i Førde. Vi er også avhengig av at avisene tek imot praktikantane våre og gir dei sjansen til vise kva dei kan. Nynorsk avissenter er ikkje betre enn dei praktikantane vi sender frå oss. Då varmar tilbakemeldingar som denne frå nyheitsredaktør Sindre Halkjelsvik i Sunnmørsposten: «To praktikantar frå Nynorsk avissenter har siste to åra markert seg sterkt i Sunnmørsposten. Dei har vore idérike, handlekraftige og kritisk utrusta på eit sjeldsynt nivå. Dessutan trivelege og omgjengelege folk som har glidd godt inn i redaksjonsmiljøet.» 7

8 TRE SØSTERTILTAK: NRK Nynorsk mediesenter for rekruttering og opplæring av nynorskbrukande journalistar for nett, radio og fjernsyn. Ti praktikantar i året. Drive av NRK sidan Samlokalisert med NRK Sogn og Fjordane i Førde. Senteret er opphavleg modell for NRK FleRE og Nynorsk avissenter. Leiar: Magni Øvrebotten. NRK FleRE for rekruttering av fleirkulturelle journalistar for nett, radio og fjernsyn. Fem praktikantar i året. Drive av NRK sidan 2008, samlokalisert med NRK Østlandssendinga i Oslo. Leiar: Marianne Mikkelsen. Nynorsk avisssenter for rekruttering av nynorskbrukande journalistar for nett og avis. Åtte praktikantar i året. Starta hausten 2013 og kom hausten 2014 inn på statsbudsjettet. Samlokalisert med lokalavisa Firda i Førde. Leiar: Ivar Myklebust Longvastøl. Kjelde: Statusrapport NRK Nynorsk medisenter, desember 2014 Førde, 9. februar 2014 Ivar Myklebust Longvastøl, dagleg leiar Yngve Årdal, styreleiar Stiftinga Nynorsk avissenter Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde Telefon: (dagleg leiar) 8 Følg med oss på og sida vår på Facebook

STATUSRAPPORT. 30.09.2013 NRK Nynorsk mediesenter

STATUSRAPPORT. 30.09.2013 NRK Nynorsk mediesenter 30.09.2013 NRK Nynorsk mediesenter Kull 20 er lyst ut med søknadsfrist 15. oktober. Kull 19 er under opplæring, og 72 prosent av dei 90 nynorskpraktikantane vi har lært opp arbeider i media. Vi har fått

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal Vinter 2014 Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal 2014 I fjor haust feira fylkesbiblioteka i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal bokbåten Epos sin 50 årsdag, vi vil takke for alle gratulasjonar

Detaljer

ÅRSRAPPORT 2008. 2. Nærare om nemnda Klagenemnda har åtte medlemer. Frå 1. januar 2008 var følgjande personar medlem i nemnda:

ÅRSRAPPORT 2008. 2. Nærare om nemnda Klagenemnda har åtte medlemer. Frå 1. januar 2008 var følgjande personar medlem i nemnda: ÅRSRAPPORT 2008 1. Miljøinformasjonslova og klagenemnda for miljøinformasjon Miljøinformasjonslova 1 tok til å gjelde 1. januar 2004. Lova gjev alle rett til å få miljøinformasjon om tilhøve ved offentlege

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Nynorskprisen for journalistar

Nynorskprisen for journalistar Nynorskprisen for journalistar Årsrapport 2008 Prisvinnar Odd Reidar Solem : - Kjekt å få denne prisen Den røynde mediemannen og nyhendeanker i TV 2, Odd Reidar Solem, fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Ditt val! Vidaregåande opplæring 2007 2008 Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Bygg- og anleggsteknikk Design og handverk Elektrofag Helse- og sosialfag Medium og kommunikasjon Naturbruk

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

NRK Nynorsk mediesenter er ein døropnar

NRK Nynorsk mediesenter er ein døropnar Samlar oss om hovudoppgåva NRK Nynorsk mediesenter har lagt ned kursverksemda for å samle kreftene om hovudoppgåva vår, nynorskpraktikantane og meir bruk av nynorsk i media. Frå hausten 2013 skal vi samarbeide

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

KULTURDEPARTEMENTET SIN

KULTURDEPARTEMENTET SIN KULTURDEPARTEMENTET SIN NYNORSKPRIS FOR JOURNALISTAR Årsrapport 2014 NRK-journalist Ingunn Solheim fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2014. Ho er ein svært stødig språkbrukar,

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF. www.sentio.no

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF. www.sentio.no Omdømme Helse Vest Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RH Om undersøkinga I Respondentar: Politikarar i stat, fylke og kommunar, embetsverk for stat, fylke og kommunar, og andre respondentar

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering

Detaljer

Svar til Universitetet i Bergen på intensjonsnotat om framtidig og tettare samarbeid

Svar til Universitetet i Bergen på intensjonsnotat om framtidig og tettare samarbeid Leiinga Høgskulen i Volda Universitetet i Bergen 5020 BERGEN Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda postmottak@hivolda.no www.hivolda.no Dykkar referanse

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Møteinnkalling. AU i verneområdestyret for SVR. Utval: Møtestad: Tilbakemelding per e-post Dato: 19.1.2016

Møteinnkalling. AU i verneområdestyret for SVR. Utval: Møtestad: Tilbakemelding per e-post Dato: 19.1.2016 Møteinnkalling AU i verneområdestyret for SVR Utval: Møtestad: Tilbakemelding per e-post Dato: 19.1.2016-1- -2- Sakliste Utvalssaksnr AU 1/16 AU 2/16 AU 3/16 AU 4/16 AU 5/16 AU 6/16 Godkjenning av innkalling

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200600700-17 Arkivnr. 135 Saksh. Gilberg, Einar Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 20.06.2006 22.06.2006 VAL AV PILOTPROSJEKT

Detaljer

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206348-10 Arkivnr. 545 Saksh. Isdal, Sigrid Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 09.04.2013

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere! SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE Å R G A N G 2 0 1 3 N R. 3 2 5. 1 0. 2 0 1 3 ningslaust å gjere masse arbeid for å få l noko som vi meinar er eit bra opplegg dersom dei vi lagar det for ikkje bryr seg/prioriterar

Detaljer

Nynorsk mediesenter. Status 01. 02. 2005. Stolt nynorsk. Dyktig. Frodig. Framfus

Nynorsk mediesenter. Status 01. 02. 2005. Stolt nynorsk. Dyktig. Frodig. Framfus Nynorsk mediesenter Status 01. 02. 2005 Stolt nynorsk Dyktig Frodig Framfus Nynorsk mediesenter i godt gjenge Det fyrste kullet med praktikantar i Nynorsk mediesenter har reist frå Førde, og det andre

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

Vurdering av allianse og alternativ

Vurdering av allianse og alternativ Leiinga Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda postmottak@hivolda.no www.hivolda.no

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte. VESTNES KOMMUNE Administrasjonsutvalet Innkalling til møte i Administrasjonsutvalet Møtestad: Dato: Formannskapssalen, Rådhuset, 11.04.2008 Kl.15:00 Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding,

Detaljer

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling Møteinnkalling Utval: Yrkesopplæringsnemnda/Utdanningsutvalet Møtestad: 101 Fylkeshuset i Molde Dato: 23.10.2014 Tid: 10:30 Forfall skal meldast til utvalssekretær Ann Torill Vaksvik tlf 71 25 88 56 eller

Detaljer

Nytt tiltak etter modell av NRK Nynorsk mediesenter

Nytt tiltak etter modell av NRK Nynorsk mediesenter Nytt tiltak etter modell av NRK Nynorsk mediesenter Hausten 2013 satsar Firda Media på å ha i gong eit Nynorsk Avissenter i Førde, etter modell av NRK Nynorsk mediesenter. Føremålet er å lære opp journalistar

Detaljer

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden 0311 ESPEN ASKELADD VIDDA 1 VIDDA 2 0028 OSLO 123456 78910 BYDEL GAMLE OSLO 5. mars 2013 Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden Husbanken har

Detaljer

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE Sogndal kommune Utval: MØTEINNKALLING SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 02.06.2008 Tid: 1200-1400 Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Kjære alle! Gratulerer alle med dagen. Dette er ein merkedag for bevaringstenestene både her i fylket og nasjonalt! Hordaland

Detaljer

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT Radøy kommune KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT Møtedato: 10.02.2015 Stad: Kommunehuset Kl.: 09.00 12.35 Tilstades: Arild Tveranger leiar, Astrid Nordanger nestleiar, Jan Tore Hvidsten, Oddmund

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN Os kommune Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Luranetunet Møtedato: 26.10.2004 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING

Detaljer

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE SLUTTRAPPORT FOR PROSJEKT: KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE Prosjektet starta opp i 2012 som eit samarbeidsprosjekt mellom Hjeltnes vgs, Sogn jord og hagebruksskule, Norsk fruktrådgiving Hardanger

Detaljer

Bergen Tekniske Fagskole avd. Voss Hordaland Fylkeskommune

Bergen Tekniske Fagskole avd. Voss Hordaland Fylkeskommune Hordaland Fagskulestyre v/styreleiar Roald Stenseide Voss den 13.desember 2013 Nedlegging av dagklassar ved Bergen Teknsiske fagskule avd. Voss innan fordjuping anlegg Me kunne lesa i saksdokumenta til

Detaljer

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii KoønnWEK v/sidgr.1- or 11(0I: iii &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. Opplysningar om søkjaren: Namn:Jorun Larsen Adresse: Seimsvegen 73 Postnr./stad: 5472 SEIMSFOSS Telefon: 91398512 Organisasjonsnr:

Detaljer

Jobbstrategien. KLAR FOR JOBB unge med nedsett funksjonsevne

Jobbstrategien. KLAR FOR JOBB unge med nedsett funksjonsevne Jobbstrategien KLAR FOR JOBB unge med nedsett funksjonsevne Ein døropnar til arbeidslivet Unge, positive og motiverte medarbeidarar er velkomne hos dei fleste arbeidsgivarar. Men unge med nedsett funksjonsevne

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Krav ved godkjenning av lærebedrifter OPPLÆRINGSAVDELINGA Fagopplæringskontoret - OPPL AVD Notat Dato: 20.01.2015 Arkivsak: 2015/727-1 Saksbehandlar: aseloh Til: Yrkesopplæringsnemnda Frå: Fagopplæringssjefen Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Detaljer

Journalisthandbok for elevar

Journalisthandbok for elevar Journalisthandbok for elevar Tekst: Katrine Nybø, NRK Illustrasjon: Johan Sæther, NRK Foto: Mirjam Svendsen, NRK LITTERATURLISTE Allern, Sigurd og Roppen, Johann: (2010) Journalistikken samfunnsoppdrag.

Detaljer

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse Sjølvstendig selskap i regi av HB (oppstart 01.09.11) Rekruttering til

Detaljer

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje Vinje kommune Næringskontoret Ånund Åkre Granåsen 66 B 1362 HOSLE Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato THORCH 2011/2495 6636/2015 64/15 26.03.2015 Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

Barnevern 2012. Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Barnevern 2012. Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB) Barnevern 2012 Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB) Fleire barn under omsorg I 2012 mottok 53 200 barn og unge i alderen 0-22 år tiltak frå barnevernet, dette er ein svak vekst på 2 prosent frå 2011,

Detaljer

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben Planseksjonen her For kunngjering av planvedtak Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2007/865 2907/2007 L12 SAM/ PH 11.04.2007 _ E39 VOLDA

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Søknad om vidareføring av prosjektet Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Prosjektansvarleg: Gro Jensen Gjerde, Samarbeidsrådet for Sunnhordland Prosjektleiar: Trond Haga, Kværner

Detaljer

14. Radio og TV. Liv Taule

14. Radio og TV. Liv Taule Kulturstatistikk Liv Taule 4. Det norske radio- og TV-landskapet har varierte programtilbod. Dei fleste kanalane sender no stort sett heile døgnet. Folk ser meir på TV og lyttar meir på radio. Radio- og

Detaljer

Eksamen 23.11.2011. MAT1005 Matematikk 2P-Y. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 23.11.2011. MAT1005 Matematikk 2P-Y. Nynorsk/Bokmål Eksamen 23.11.2011 MAT1005 Matematikk 2P-Y Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del 2: Framgangsmåte: 5 timar: Del 1 skal leverast inn etter 2

Detaljer

www.kappdetgodeliv.no Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

www.kappdetgodeliv.no Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune Dei unike dråpane i vest Området vårt er kalender-noreg i miniatyr. Vi samlar juvelane i eit fellesskap slik at dei skin enno klarare og tydelegare. Det er kjekkare å gå på skattejakt når ein går saman.

Detaljer

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Strategiplan for Apoteka Vest HF Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.91 03.09.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka

Detaljer

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN SAK 57/12 HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN Saksopplysning I sak 41/12 gjorde Regionrådet for Hallingdal slikt vedtak: 1. Regionrådet for Hallingdal vedtek å setja i gang eit 3-årig prosjekt; Hallingdal 2020,

Detaljer

Protokoll frå møtet i det regionale brukarutvalet 30. mai 2008

Protokoll frå møtet i det regionale brukarutvalet 30. mai 2008 1 Protokoll frå møtet i det regionale brukarutvalet 30. mai 2008 Til stades: Ingrid Mällberg, Laila Bøe, Jostein Melheim, Helene Aareskjold, Marit Sundal, Gerd Bjørkedal og Tove Tendenes Forfall: Målfrid

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007 Rapport om målbruk i offentleg teneste 27 Institusjon: Adresse: Postnummer og -stad: Kontaktperson: E-post: Tlf.: Dato: Høgskolen i Sør-Trøndelag 74 Trondheim Lisbeth Viken lisbeth.viken@hist.no 7355927

Detaljer

Søkjartalet vårt auka mykje i 2014, trass i dystre utsikter til arbeid i media. Over femti søkjarar i april og førti i oktober.

Søkjartalet vårt auka mykje i 2014, trass i dystre utsikter til arbeid i media. Over femti søkjarar i april og førti i oktober. 15.12.2014 NRK Nynorsk mediesenter Søkjartalet vårt auka mykje i 2014, trass i dystre utsikter til arbeid i media. Over femti søkjarar i april og førti i oktober. Det er mest på line med starten for 10

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

Finansiering av søknaden

Finansiering av søknaden Hei, Dei føreslegne endringane er i orden for oss. Mvh Bjarte Lofnes Hauge Den 3. jun. 2016 kl. 11.02 skrev Guro Høyvik : Hei igjen, og takk for nye vedlegg. Eg har gått gjennom den

Detaljer

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING Utval: UTVAL FOR PLAN OG BYGGESAK Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Møtedato: 27.01.2014 Kl. 17.15 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 55 08 10 00 Offentleg servicekontor.

Detaljer

Aurland kommune Rådmannen

Aurland kommune Rådmannen Aurland kommune Rådmannen Kontrollutvalet i Aurland kommune v/ sekretriatet Aurland, 07.10.2013 Vår ref. Dykkar ref. Sakshandsamar Arkiv 13/510-3 Steinar Søgaard, K1-007, K1-210, K3- &58 Kommentar og innspel

Detaljer

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 HANDLINGSPLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING 2012 Premissar. Det vart gjennomført ei grundig kompetansekartlegging i heile grunnskulen i Herøy hausten 07. Kritisk

Detaljer

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013 Soknerådsmøte FOK 14. november 2013 Sokneråd FOK Tilstede: Merknader / Vararepresentant: Jon Lende Leiar av soknerådet Tor Arne Laland Sigve Klakegg Karl Inge Lygre Helen Hetland Mori Ragnhild Vaage Astrid

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Rådet for funksjonshemma Leikanger 2.12.2013. Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Rådet for funksjonshemma Leikanger 2.12.2013. Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma Rådet for funksjonshemma Leikanger 2.12.2013 Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma Unge arbeidssøkjarar (16-24 år) Kven er dei som står utanfor arbeidsmarknaden og er registrert hos NAV? Kjelde: Arbeid

Detaljer

Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo)

Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo) rundskriv nr 5/09 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane Dato: Ref: 16.03.2009 MR 9146/2009/040 Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo) Fylkesutdanningsdirektøren meiner

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

Forslag frå fylkesrådmannen

Forslag frå fylkesrådmannen TELEMARK FYLKESKOMMUNE Hovudutval for kultur Forslag frå fylkesrådmannen 1. Telemark fylkeskommune, hovudutval for kultur gir Norsk Industriarbeidarmuseum og Vest Telemark Museum ei samla tilsegn om kr

Detaljer

Med tre spesialitetar i kofferten

Med tre spesialitetar i kofferten Med tre spesialitetar i kofferten Av Eli Gunnvor Grønsdal Doktor Dorota Malgorzata Wojcik nøgde seg ikkje med å vere spesialist i eitt fag. Ho tok like godt tre. No brukar ho kunnskapen sin, ikkje berre

Detaljer

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA Evaluering 0207 1 Kort omtale av prosjektet; Nettstøtta

Detaljer

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato: 26.08.2010 Møtetid: - Møtestad: Kommunehuset

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato: 26.08.2010 Møtetid: - Møtestad: Kommunehuset SAMNANGER KOMMUNE MØTEINNKALLING Utval: Kommunestyret Møtedato: 26.08.2010 Møtetid: - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet eller ugildskap må meldast

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat

5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat 5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat Mat: Ingunn AU Arbeidsutvalet for soknerådet. Møter kvar månad ca 1 veke før soknerådsmøtet. Tar unna saker av meir forretningsmessig karakter. SR Soknerådet FR Klepp

Detaljer

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN vedteke av kommunestyret 29.01.1998 1. HISTORISK BAKGRUNN Dei første skulekrinsane i Samnanger gjekk over til nynorsk («landsmål») i 1909. Sidan 1938 har nynorsk vore einerådande

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt: Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Tenesteutvalet 26.10.2009 022/09 MGAK Kvam formannskap 27.10.2009 051/09 MGAK Kvam heradsstyre 10.11.2009 096/09 MGAK

Detaljer

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innspelsundersøking Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Status og mål... 3 1.2 Vurderingar av mål knytt til kommunesamanslåing... 4 1.3 Haldningar

Detaljer

Demens i familien. Demenskonferansen 2015 12.mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Demens i familien. Demenskonferansen 2015 12.mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda Demens i familien Demenskonferansen 2015 12.mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda Korleis er det å leve med demens i familien? Finst mykje kunnskap

Detaljer

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane Den regionale styredagen i Sogn og Fjordane Rica Sunnfjord Hotel, Førde torsdag den 16. mars 2006 Arrangør: StyreAkademiet Sogn og Fjordane Stryn Næringshage, Tinggata 3. 6783 Stryn www.styreakademiet.no

Detaljer

Søknadsnr. 2015-0196 Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Søknadsnr. 2015-0196 Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016 Søknad Søknadsnr. 2015-0196 Søknadsår 2015 Arkivsak Støtteordning Prosjektnavn Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016 Kort b eskrivelse Framtidsfylket vil i 2016

Detaljer

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Ansvarleg sakshandsamar sign. for utført handling: Saka er godkjend av fylkesrådmannen: Dokumentoversyn: Tal prenta vedlegg: * Tal uprenta vedlegg: * Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Fylkesrådmannen

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på studietur til Spydeberg De kan lesa meir om dokumentasjon av vandringar her: http://bibliotekarvandring.wordpress.com/2013/10/07/dokumentasjon-av-vandringa/

Detaljer

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim 30.01.2010. Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim 30.01.2010. Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp Vi treng større fokus på rekruttering! Kvifor? Trondheim 30.01.2010 Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp -Leiar i Barne- og ungdomsutvaletwww.bjarnehuseklepp.com Plan for dagen min i Sør-Trøndelag

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege MØTEPROTOKOLL Utval Eldrerådet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 30.11.2015 Start kl.: 09.00 Slutt kl.: 14.25 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Johannes Lad, Kåre Høyheim,

Detaljer