Døme på søknad om tilskot til fartyvern

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Døme på søknad om tilskot til fartyvern"

Transkript

1 Døme på søknad om tilskot til fartyvern Sakshandsamarane hjå Riksantikvaren skal gå gjennom ein omfattande bunke med søknader. Desse kan ha mange vedlegg, være formulerte og disponerte på svært ulike måtar og innehalde alt frå ei kort tilvising til tidlegare innsendt informasjon til lange utgreiingar om fartyet si tekniske og sosiale historie. For å lette arbeidet både for søknadsskrivarar og sakshandsamarar har vi laga eit døme på korleis ein søknad kan setjast opp. Dette døme gjeld søknad om tilskot til delar av eit større restaureringstiltak som går over fleire år. Ved mindre omfattande enkelttiltak slike som det er naturleg å starte og ferdigstille same år - kan ein sløyfe punkt 3 og 5 i dette dømet. Det sentrale her er oppsettet og presiseringsnivået. Dersom søknadene vert disponert nokon lunde slik som i dette dømet, så vil alle relevante opplysningar kome med. Då vert søknadene enklare å samanhalde og handsaminga ta kortare tid. Hugs at sakshandsamarane skal setje seg inn i kring 150 søknader. Det vil då ta svert mykje tid dersom ein stadig må gå i arkivet for å finne ut kva for eit farty som skjuler seg bak namnet. Vi ber difor om at ein kortversjon av skipet si soge (max ca. ½ side) og ein kort presentasjon av verneprosjektet (max ca. ½ side) alltid vert tekne med i søknadene både no og seinare. (Hugs at ein slik kortfatta presentasjon av skip og prosjekt også er veldig greitt å ha tilgjengeleg når ein skal søkje om tilskot frå andre enn RA.) Søknaden er disponert slik: Overskrift Kort ingress 1. Skipet si historie 1.1 Skipet si «personlege historie» 1.2 Skipet i lys av sjøfartshistoria 2. Informasjon om foreininga og føremålet 3. Informasjon om arbeidet til no 3.1 Punktvis presentasjon av utførte tiltak 3.2 Finansiering av utførte tiltak 4. Tiltak som det vert søkt om no 4.1 Delprosjekt Delprosjekt 2 (osb.) 4.3 Finansiering av tiltaka som vert søkt om 5. Tiltak som står att når tiltaka det her søkast om er utført 6. Vedlegg NB: - Hugs å ta med kontaktinformasjon (telefon og e-post), slik at vi lett kan nå dykk dersom vi har spørsmål til søknaden! - Hugs å fylle ut og leggje ved søknadsskjema som ligg på Riksantikvaren si heimeside. Heile skjema skal fyllast ut, også dersom det tidlegare er sendt inn.

2 Riksantikvaren Postboks 8196 Dep Oslo Eikøy, 14. januar 2015 M/S «RAMVIK» - LÆØÅ SØKNAD OM TILSKOT FRÅ STATSBUDSJETTET 2015 KAPITTEL 1429 POST 74 Vi søkjer med dette om kr ,- i tilskot til restaurering av framdekk, akterdekk og brudekk på M/S «Ramvik» i Tiltaket vil gje tett skip, hindre vidare forfall under dekk og ferdigstille restaureringa av skipet sine hovudkonstruksjonar. 1. M/S «Ramvik» - kort historisk presentasjon 1.1 Skipet si historie D/S «Ramvik» vart levert i 1915 som byggjenummer 17 frå Stakevigens Støberi & Mek. Værksted til Ramvigens Dampskibsselskab - frå 1925: Ramvik Dampbåtlag (RDL). Som nytt hadde skipet hadde ein compound dampmaskin på 150 hk. «Ramvik» vart sett inn i lasteruta Eikøy-Ramvik-Stakavik som i 1928 vart utvida til Maksvær. I 1934 vart bytt med ein Grønvoll 2T 3-cyl. diesel på 250 hk. I 1939 vart «Ramvik» rekvirert av marinen som vaktskip og stasjonert på Utrøst. I mai 1940 vart skipet overteke av den tyske krigsmarinen og seinare m.a. nytta i samband med evakueringa av Finnmark. I 1955 vart skipet seld til O. Tveiten som bygde det om for fiske med snurpenot. No fekk skipet overbygd bakk med bakkdekk av stål, stålmast og davitar for snurpedorry på bb side. I 1959 var «Ramvik» attende i fraktefart. Davitane vart demonterte, men bakken vart verande. I åra 1965 til 1973 vart skipet leigd attende til RDL og sett inn i lokalruta Ramvik- Eikøy-Maksvær. Denne tida hadde «Ramvik» også eit lite passasjersertifikat. I 1973 gjekk RDL saman med Stakavik Båtruter og Stakavik Billag til Stakavik-Ramvik Trafikkselskap (SRT), som i 2002 vart kjøpt opp av konsernet Fjorled. M/S «Ramvik» si rute vart lagd ned og skipet seld til H. Hedde på Eikøy. På nyåret 1974 bytta han ut Grønvoll-maskina med ein brukt Caterpillar frå Samstundes vart styrehuset og kapteinslugar bytt med nytt av 1

3 aluminium. Namnet vart no endra til «Ramvikfjord» då SRT si nye ferje M/F «Ramvik» ( ) tok over namnet. På 1980-talet var det dårlege tider i fraktenæringa, særleg for mindre, eldre og tungdrivne farty. Som fylgje av eit maskinhavari i 1991 vart «Ramvikfjord» lagt opp i påvente av reparasjon, men dette vart det aldri noko av. I 1996 vart «Ramvikfjord» overteken av Veteranbåtlaget M/S Ramvik. Året etter fekk skipet attende namnet «Ramvik» då M/F «Ramvik» frå 1976 vart seld etter opninga av Ramsund Bru. I 1998 fekk M/S «Ramvik» status som verna skip hjå Riksantikvaren. 1.2 Skipet i lys av norsk sjøfartshistorie M/S «Ramvik» er eit typisk og godt bevart døme på den store flåten av mindre fraktefarty av stål. Desse fartya utgjorde ein viktig del av infrastrukturen for dei mange verksemdene som vart etabkerte langs kysten og i fjordane i tida før landevegen tok over transporten. Desse skipa representerer difor ein viktig lekk i historia om utviklinga av Noreg som moderne industrisamfunn. Det er no svært få att av desse fartya. «Ramvik» er i tillegg einaste attverande fraktefarty bygd for ei fast lasterute i regi av eit ruteselskap, og er ein tidleg freistnad på å skilje mellom passasjertrafikk og last i lokale rutesamband. Andre døme på slike farty er D/S «Tyssedal» (HSD) og D/S «Årdal» (FSF), men desse er for lengst borte. 2. Veteranbåtlaget M/S Ramvik M/S «Ramvik» har ei lang historie knytt til Ramvik kommune. Mange her har arbeidd om bord eller på anna vis vore avhengige av skipet. Då det kring 1995 var fare for at «Ramvik» skulle hoggast tok nokre medlemar frå det lokale Kystlaget kontakt med eigar som sa seg villig til å la eit veteranbåtlag overta skipet på det vilkår at laget heldt det ved like slik at det ikkje vert liggjande til forfalls. Veteranbåtlaget M/S Ramvik vart konstituert den 12. januar 1996 og registrert i Brønnøysund same månad. Laget har i dag 130 medlemar. Det er stor interesse og velvilje for prosjektet lokalt, og veteranbåtlaget har får liggje kostnadsfritt ved kommunal kai der kommunen også betalar for landstraum. Fartyvernplanen for Fjordland fylkeskommune nemner M/S «Ramvik» som eit sentralt samferdslehistorisk kulturminne og rår til at fylkeskommunen engasjerer seg i sikringa av skipet. For meir informasjon om laget syner vi til vedlagde årsmelding og rekneskap for Årsmøte for 2015 skal haldast i april, og årsmelding og rekneskap for 2014 vil difor bli sendt saman med søknaden for Utført arbeid Då veteranbåtlaget tok over skipet var tilstanden prega av mange år utan vedlikehald. Råte i dekk og rust i rennesteinar gav lekkasjar som var i ferd med å øydeleggje innreiinga, og som første tiltak vart det sett på presenning og installert avfuktar for å tørke ut skipet. 2

4 Parallelt med sikringsarbeidet starta vi arbeidet med å samle inn kjelder til skipet si historie. Frå Sjøfartsdirektoratet har vi fått kopi av teikningar og dokument frå skipet si mappe. SRT sitt arkiv hadde også ein del informasjon frå siste tida i lasteruta, og Ramvik Bygdetun no ei avdeling i Museet Ditt hadde eldre foto og rutetabellar i samlingane. Museet har også teke på deg å koordinere arbeidet med dokumentasjon av skipet. Tidlegare eigarar og mannskap er også oppsøkte, og på denne måten er det sikra mange gode foto tekne om bord og om lag 7 timar med lydbandintervju med tidlegare mannskap. Under besøk hjå tidegare eigar H. Hedde på Eikøy synte seg at styrehuset som vart demontert i 1974 stod som leikesove hagen. Huset stod på leca-steinar og det var lagt papp på taket, slik at det var i rimeleg god forfatning. Då det synte seg at maskina som vart montert om bord i 1974 hadde sprekkar i blokka og ikkje var råd å reparere, fekk veteranbåtlaget tilbod frå Stakavik Motorsamling om å overta ein Grønvoll-maskin frå 1936 av same type som skipet hadde frå 1935 til Då laget no både hadde tilbod om både maskin og styrehus frå perioden før 1974 vart det gjort årsmøtevedtak om å leggje perioden i Maksvær-ruta til grunn for restaureringa, noko Riksantikvaren har slutta seg til. Det er gjeve tilskot frå Fjordland fylkeskommunen og frå Stiftinga UNI til sikringstiltak, slippsetjing og restaurering av det originale styrehuset. Ramvik Transport har kostnadsfritt henta Grønvoll-maskina frå motorsamlinga og stilt med kranbil når den defekte maskina vart løfta på land og Grønvoll-maskina plassert om bord. Det synte seg at skroget var dårlegare enn vi først trudde. Under slippsetjing vart det fleire stader spylt hol i vasslina, og 11 plater og fleire av bunnstokkane i lasterommet var så tærte at dei måtte skiftast. Riksantikvaren gav tilskot til reparasjon av skroget fordelt over to år. Det står no att arbeid med riggen, restaurere hovuddekk og brudekk, montere maskina og plassere det restaurerte styrehuset om bord. 3.1 Punktvis oversyn over arbeid utført i perioden : Utførte tiltak Kostnad 1. Sikringstiltak ,- 2. Dokumentasjon ,- 3. Restaurering av skrog ,- 4. Restaurering av overbygg ,- 5. Restaurering av maskin og teknisk ,- Til saman ,- 3.2 Finansiering av utførte tiltak: Tilskotsgjevar Tilskot Riksantikvaren ,- Fjordland fylkeskommune ,- Ramvik kommune ,- Stiftinga UNI ,- Gåver og tenester ,- Eigeninnsats estimert verdi (dugnadstimer à kr. 200,-) ,- Til saman ,- 3

5 4. Tiltak som det vert søkt om for 2015 For å vidareføre restaureringsarbeidet søkjer veteranbåtlaget om tilskot til restaurering av hovud- og brudekk i Vi har henta inn prisoverslag frå to aktuelle verksemder som begge har naudsynt erfaring med slikt arbeid, og som har godt ord på seg. I oversynet har vi ført opp det rimelegaste tilbod med eit påslag av 10 % uføresett for kvart punkt. Då M/S «Ramvik» er over 15 meter og skal sertifiserast skal det ikkje svarast mva. for verftsarbeidet. Lokale skader på platerekka i svinerygg og på akterdekket vart utbetra i samband med skrogreparasjonen. Det er difor berre rekka midtskips på hovuddekk og på brudekk der det er seftre med kulegjennomføring for røyr som er planlagd utbetra i samband med dekksarbeidet i Situasjonen før arbeidet tek til er dokumentert gjennom foto, oppmålingar og tekst som er samla i vedlagte teknisk-historiske dokumentasjonsrapport. Alle dekkslys, koplingsboksar, brytarar og anna på undersida av brudekket vert demontert, overhalt og skal nyttast opp att. Materialbruk, utforming og overflatehandsaming under restaureringa vert slik det går fram av dokumentasjonsrapporten. Det er lokalisert gode emne til ny dekksplank som kan leverast ferdig tørka. Planken vert kjøpt inn gjennom verftet og høvla til same dimensjon og med same utforming av drevspor som originalt. Dekket skal drivast med tjørestry, natast med bek og smørjast med ei blanding av linolje, tjøre og terpentin. På undersida av brudekket skal det nyttast to strøk med linoljemaling der dekksplanken er synleg. Kostnadene med dei ulike delprosjekta som er planlagd utført i 2015 vil fordele seg slik: 4.1 Restaurering av hovuddekk framdekk Kostnad Demontering av pullertar og anna på dekk 8.000,- Demontering av innreiing under dekk framme ,- Riving og bortkøyring av defekt dekksplank ,- Reparasjon av strekkplater og rennesteinar ,- Reparasjon av tæringsskader på lukekarm ,- Reparasjon av tæringsskader på nedgangskappe ,- Reparasjon av tæringsskader nedst på frontskott ,- Skifting av defekte rør og retting av sefter i rekka ,- Sandblåsing og priming ,- Ny dekksplank ,- Legging av dekk (montering, driving og beking) ,- Oljing av dekk ,- Montering av pullertar og winch på dekk ,- 10 % uføresett ,- 25 % Mva * 0,- Til saman ,- 4.2 Restaurering av hovuddekk akterdekk Kostnad Demontering av pullertar og styremaskin på dekk 8.000,- Riving og bortkøyring av defekt dekksplank ,- Demontering av innreiing under dekk for tilkomst ,- Reparasjon av strekkplater og rennesteinar ,- Sandblåsing og priming ,- Ny dekksplank ,- Legging av dekk (montering, driving og beking) ,- Montering av pullertar og styremaskin ,- 4

6 Oljing av dekk ,- 10 % uføresett 71800,- 25 % Mva * 0,- Til saman ,- 4.3 Restaurering av brudekk Kostnad Demontering av livbåtkrybber og andre installasjonar 8.000,- Riving og bortkøyring av defekt dekksplank ,- Reparasjon av strekkplater og rennesteinar ,- Overhaling, blåsing og maling av svingdavitar ,- Skifting av defekte rør og retting av sefter i rekka ,- Sandblåsing og priming ,- Ny dekksplank ,- Legging av dekk (montering, driving og beking) ,- Montering av livbåtkybber ,- Oljing av dekk ,- 10 % uføresett 96300,- 25 % Mva * 0,- Til saman ,- Winchen har teke skade av åra i opplag og må demonterast for overhaling. Operativ winch vil lette arbeidet med den vidare restaureringa, og redusere kostander med leige av kranbil. 4.4 Restaurering av winch Kostnad Demontering og frakt til og frå verkstad ,- Overhaling og skifting av defekte delar ,- 10 % uføresett ,- 25 % Mva * 0,- Til saman ,- * Vedr. mva: Det er ikkje mva på verftsarbeid og deler innkjøpt gjennom verft ved reparasjon av sertifiserte yrkesfartøy over 15 meter. Samla oversyn over planlagde tiltak i 2015: Delprosjekt Kostnad 4.1 Restaurering av hovuddekk - framdekk ,- 4.2 Restaurering av hovuddekk - akterdekk ,- 4.3 Restaurering av brudekk ,- 4.4 Restaurering av winch ,- Til saman ,- 4.5 Finansiering Arbeidet i 2015 er tenkt finansiert ved tilskot frå ulike offentlege og private tilskotsgjevarar, gåver frå lokale verksemder og dugnad frå laget sine medlemar. Eigeninnsatsen vil bestå i diverse demontering av dekksutstyr, riving og bortkøyring av defekt dekksplank, merking og demontering av innreiing under dekk (himling og øvste del av garneringa). Før himlinga 5

7 vert montert på plass att vil det bli lagt opp skjulte trekkerøyr med koplingsboksar for kablar til røykdetektorsystem, slik at dette er klart til seinare. Oljing av nytt dekk vert også utført av laget sine medlemar. Finansiering oversyn over søknader og eigeninnsats Sum Riksantikvaren ,- Fjordland fylkeskommune ,- Ramvik kommune ,- Norsk Kulturminnefond ,- Stiftinga UNI ,- Gåver og tenester ,- Eigeninnsats (dugnad) estimert verdi ,- Til saman ,- 5. Attståande arbeid etter 2015 Etter at arbeidet som det søkjast om for 2015 er ferdig står det att følgjande før M/S «Ramvik» er ferdig restaurert. Oversynet inkluderer uføresett, mva., naudsynt slipping, akseltrekk og anna i samband med mekanisk arbeid og sertifisering. Delprosjekt Kostnadsoverslag Maskin/teknisk Oppretting og montering av maskin ,- Ettersyn av startluftflaskar, hjelpemaskin og pumper ,- Restaurering/remontering av elektrisk anlegg ,- Rigg Sandblåsing og maling av mast og bom ,- Overhaling av taljer og løpande rigg ,- Innreiing Montering av restaurert originalt styrehus med lugar ,- Restaurering av innreiinga i overbygg på hovuddekk ,- Restaurering av innreiinga under dekk akter ,- Restaurering av innreiinga under dekk framme ,- Ny dørk og garnering av tre i lasterom ,- Livbåt Bygging av kopi av original livbåt av tre ,- Til saman ,- Veteranbåtlaget M/S Ramvik voner på positivt svar på søknaden, og kan på førespurnad ettersende anna dokumentasjon. På vegne av styret, Steinar Vangen Styreleiar Mobil: e-post: 6

8 6. Vedlegg: 1. Utfylt søknadsskjema 2. Årsmelding og rekneskap 2013 for Veteranbåtlaget M/S Ramvik 3. Rapport frå arbeid utført i 2014, med foto teke før, under og etter arbeidet. 4. Kostnadsoverslag frå Midtnorsk Fartyvernsenter (nytta i søknaden) 5. Kostnadsoverslag frå Stakavik Group ASA 6. Tilsegn om tilskot frå fylkeskommunen 7. Tilsegn om tilskot frå Stiftelsen UNI 8. Teknisk-historisk dokumentasjonsrapport utarbeidd av Midtnorsk Fartyvernsenter Merk: Utfylt søknadsskjema (vedlegg 1), rapport frå arbeid som det tidlegare er motteke tilskot for (vedlegg 3) og kostnadsoverslag/pristilbod (4 og 5) skal alltid leggjast ved søknadene. 7

9 8

10 9

11 10

12 11

13 12

Døme på utforming av oppmoding om utbetaling og rapportar

Døme på utforming av oppmoding om utbetaling og rapportar Døme på utforming av oppmoding om utbetaling og rapportar For å sikre ei einskapleg rapportering i samband med oppmoding om utbetalingar, og ved årsrapportering/sluttrapportering etter ferdig utført (del-)prosjekt,

Detaljer

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71)

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71) Side 1 av 5 SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71) SØKNADSFRIST: 15. NOVEMBER 2015 Søknad sendast til: Sogn og Fjordane fylkeskommune Kulturavdelinga

Detaljer

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2015 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Detaljer

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT 1. Føremål Ordninga gjeld tiltak for sikring og istandsetting av verdsarvstaden Bryggen. Målsettinga er

Detaljer

Etablering og drift av kraftselskap

Etablering og drift av kraftselskap Etablering og drift av kraftselskap Småkraftseminar i Målselv 02.06.2010 Målselv 02.06.2010 1 Vi får Norge til å gro! Kva for selskapstypar er aktuelle? Aksjeselskap er den vanlegaste selskapstypen Nesten

Detaljer

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2014 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Detaljer

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane Tiltak Vurdering Søknadssum/ totalkostnad 1 Loftesnes, hovudhuset Arbeidet med salen er i sluttfasen og fylkesdirektøren vurderer det som viktig at 450

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Forslag frå fylkesrådmannen

Forslag frå fylkesrådmannen TELEMARK FYLKESKOMMUNE Hovudutval for kultur Forslag frå fylkesrådmannen 1. Telemark fylkeskommune, hovudutval for kultur gir Norsk Industriarbeidarmuseum og Vest Telemark Museum ei samla tilsegn om kr

Detaljer

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen» Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen» - Og skisser til mogeleg opprusting Status Bygget er eit eldre bygg bygd midt på 1960-talet. Bygget framstår i hovudtrekk slik det var bygd. Det er gjort nokre endringar

Detaljer

D/S Stord 1 Månadsrapport - januar 2010

D/S Stord 1 Månadsrapport - januar 2010 D/S Stord 1 Månadsrapport - januar 2010 Hardanger Fartøyvernsenter Åsmund Kristiansen 1 Arbeidet med innreiing og trearbeid på D/S Stord 1 har gått over fl eire år. Det heile starta på med dokumentasjonsrapporten

Detaljer

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT 1. Føremål Ordninga gjeld tiltak for sikring og istandsetting av verdsarvstaden Bryggen. Målsettinga er

Detaljer

PUBLIKUMSINFO BYGGESAK

PUBLIKUMSINFO BYGGESAK Søknad om løyve til tiltak (pbl. 20-1 og 20-2) Side 1 av 11 Osterøy kommune PUBLIKUMSINFO BYGGESAK Søknad om løyve til tiltak jf. plan- og bygningslova 20-1 20-2 Søknad om løyve til tiltak (pbl. 20-1 og

Detaljer

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU Møteinnkalling Stølsheimen verneområdestyre - AU Utval: Møtestad: Fjordsenteret, Aurland Dato: 30.09.2014 Tidspunkt: 11:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post fmsfano@fylkesmannen.no.

Detaljer

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå august 2015 1. BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barn med nedsett funksjonsevne kan ha trong for særleg tilrettelegging av fysiske og personalmessige

Detaljer

Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Kjære alle! Gratulerer alle med dagen. Dette er ein merkedag for bevaringstenestene både her i fylket og nasjonalt! Hordaland

Detaljer

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Søknad om vidareføring av prosjektet Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Prosjektansvarleg: Gro Jensen Gjerde, Samarbeidsrådet for Sunnhordland Prosjektleiar: Trond Haga, Kværner

Detaljer

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU Møteinnkalling Stølsheimen verneområdestyre - AU Utval: Møtestad: E-post, Fjordsenteret Aurland Dato: 09.11.2015 Tidspunkt: 12:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post fmsfano@fylkesmannen.no.

Detaljer

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning Førde kommune Heimel: Fastsett av Førde Bystyre dd. månad 20xx med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova)

Detaljer

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010 Rapport Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010 Sak: Jotunheimen nasjonalpark. Rydding av gamalt søppel i Fannaråken-området. Rapport. Frå oppsynsmann:

Detaljer

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring. Vurdering av Hedalen mølle I Sør Aurdal Tilstand og forslag til utbedring. Rapporten er utarbeida av bygningsvernrådgjevar ved Valdresmusea Odd Arne Rudi 1 Bakgrunn Det er stiftinga Bautahaugen Samlingar

Detaljer

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING SAK 32/12 LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING Saksopplysning (i grove trekk brev dat. 13.8.2012) I vedlagt brev dat. 13.8.2012 (vedlegg 1) frå prosjektgruppa for Prosjekt lokalmedisinske

Detaljer

Rutiner overtaking av private VA-anlegg til offentleg drift og vedlikehald. Fagsjef VA Stig Hagenes

Rutiner overtaking av private VA-anlegg til offentleg drift og vedlikehald. Fagsjef VA Stig Hagenes Rutiner overtaking av private VA-anlegg til offentleg drift og vedlikehald Fagsjef VA Stig Hagenes Litt om Fjellvar AS Utbygging og drift av vass- og avløpsanlegga til Fjell kommune, samt drift av renovasjonstenestene

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Finansiering av søknaden

Finansiering av søknaden Hei, Dei føreslegne endringane er i orden for oss. Mvh Bjarte Lofnes Hauge Den 3. jun. 2016 kl. 11.02 skrev Guro Høyvik : Hei igjen, og takk for nye vedlegg. Eg har gått gjennom den

Detaljer

BRANNFØREBYGGANDE TILTAKSPLAN FOR SAGVÅG SKULE

BRANNFØREBYGGANDE TILTAKSPLAN FOR SAGVÅG SKULE BRANNFØREBYGGANDE TILTAKSPLAN FOR SAGVÅG SKULE Utarbeidd av Tekniske tenester (eigar) Rune Hansen Datert: 23.05.2008 Rev: ORGANISERING OG DRIFT AV DRIFT AV EIT SÆRSKILT BRANNOBJEKT ( 13 i Lov om vern mot

Detaljer

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger Samferdselsutvalet i Hordaland 5020 BERGEN Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger Hardangerrådet iks sender slik uttale vedr. ferjesamband i Hardanger, og ber om at denne uttalen vert teke omsyn til i budsjetthandsamingsprosessen

Detaljer

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS Møte nr: 2014-03 Tid: 8. april 2014 kl. 15.30 18.00 Stad: Lærdal, Møterom 2. etasje KIWI-bygget Til stades Rolf Jerving (styreleiar) Jarle Molde Gro Starheimsæter

Detaljer

Saksnr. Innhald Arkivsaksnr.

Saksnr. Innhald Arkivsaksnr. 1 BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE Breheimen nasjonalpark Mørkridsdalen landskapsvernområde Vigdalen landskapsvernområde Strynefjellet landskapsvernområde Mysubytta landskapsvernområde Høydalen landskapsvernområde

Detaljer

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201002086-1 Arkivnr. 112 Saksh. Viken, Karl Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 23.03.2010-24.03.2010 FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR SAMANDRAG

Detaljer

Læring, fellesskap og demokrati

Læring, fellesskap og demokrati Det skal være mulig for alle som bor i Norge å bli kjent med og lære kulturuttrykk og folkelige tradisjoner i skapende og trygge fellesskap. Læring, fellesskap og demokrati NYNORSK 2 1-2-3 KURS! Så flott

Detaljer

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak 201011409-3 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 23.02.2011-24.02.2011

Detaljer

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Hovudutval for plan og næring Side 1 av 5 Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen vil ikkje engasjere

Detaljer

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAVDELINGA RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN I SAMARBEID MED FLORA HISTORIELAG FLORA KOMMUNE Torleif Reksten og Hermod Seim ved skiltet på rutekaia.

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32 Kjøp av husvære Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: Behov for kommunale husvære for vidare utleige SAKSOPPLYSNINGAR Behov Kommunstyret

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32 Saksframlegg Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32 Christian Frøyd - Søknad om oppføring av ny garasje og fasadeendring, gbnr. 21/48 -Ny handsaming. * Tilråding: Forvaltningsutvalet

Detaljer

M/S NYBAKK SI HISTORIE

M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S Nybakk vart bygd på Vaagland Båtbyggeri, rett nord for Kristiansund N, i 1961. Nybygget vart tildelt kallesignalet JXPH då kjølen vart strekt. Bueland Det var brødrene Jakob,

Detaljer

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Førde HF Dato: 13.05.2014 Sakhandsamar: Saka gjeld: Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta Arkivsak

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 MØTEPROTOKOLL Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene

Detaljer

M/S GRANVIN. Rapport etter utbetring av dekk, våren 2003. Gunnar Furre. Hardanger Fartøyvernsenter Mai 2003 Rapport nr. 3/03

M/S GRANVIN. Rapport etter utbetring av dekk, våren 2003. Gunnar Furre. Hardanger Fartøyvernsenter Mai 2003 Rapport nr. 3/03 M/S GRANVIN Rapport etter utbetring av dekk, våren 2003 Gunnar Furre Hardanger Fartøyvernsenter Mai 2003 Rapport nr. 3/03 Tittel: M/S Granvin Undertittel: Utbetring av dekk vår 2003 Forfattar(ar): Gunnar

Detaljer

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009 1 PROTOKOLL Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009 L01/09 Oppnemning av møteleiar, referent, tellekorps og to personar til å skriva under landsmøteprotokollen.

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/1629-4. Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/1629-4. Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding: Saksframlegg Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/1629-4 Arkiv: Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus * Tilråding: Sogndal Kulturhus AS vert vidareførd som eit heileigd kommunalt aksjeselskap.

Detaljer

3) Skyttarlaget sin del av bygget er tenkt innehalde følgjande funksjonar:

3) Skyttarlaget sin del av bygget er tenkt innehalde følgjande funksjonar: 1) Innleiing Ut frå Kvinnherad skyttarlag sin trong for innandørs skytebane og Kvinnherad kommune sin trong for ny brannstasjon i Rosendal er det arbeidd fram ei løysing med samlokalisering av dei to funksjonane.

Detaljer

D/S Stord 1 Månadsrapport april-mai 2011

D/S Stord 1 Månadsrapport april-mai 2011 D/S Stord 1 Månadsrapport april-mai 2011 Hardanger Fartøyvernsenter Åsmund Kristiansen 1 April og halve mai var siste periode i dette prosjektet. Søndag 15. mai var det arrangement om bord i samband med

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Bustadområde i sentrum. Vurdering Bustadområde i sentrum Vurdering Balestrand 10.10.2009 Gode bustadområde i Balestrand sentrum Kommuneplan, arealdelen Status I. Sentrumsnære buformer For Balestrand sentrum er det gjeldande reguleringsplanar

Detaljer

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

SAMLA SAKSFRAMSTILLING Side 1 SAMLA SAKSFRAMSTILLING Arkivsak: 09/1467-19413/09 Saksbeh.: Jofrid Fagnastøl Arkivkode: PLAN soneinndeling Saksnr.: Utval Møtedato 109/09 Formannskap/ plan og økonomi 05.11.2009 SAMLA SAK - DETALJREGULERINGSPLAN

Detaljer

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk Søk regionale miljøtilskudd elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne folderen er det ei skildring av korleis

Detaljer

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer SSB. Partifinansiering 2014, lag med org.nr., 06.05.2015, s 1 Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer Pålogging i Altinn For å få tak i

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2009

Rådgjevarkonferanse 2009 Rådgjevarkonferanse 2009 Vidaregåande opplæring Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 etter Vg2 Design og duodji Gravørfaget

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Informasjon og brukarrettleiing

Informasjon og brukarrettleiing Informasjon og brukarrettleiing Om kartløysinga Kartløysinga er tenarbasert. Alle operasjonar blir utførde av ein sentralt plassert tenar (server). Dette inneber at du som brukar berre treng å ha ein pc

Detaljer

INNKALLING TIL MØTE I SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Måndag 22. april 2013 kl. 18.30 i kyrkja på Haga.

INNKALLING TIL MØTE I SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Måndag 22. april 2013 kl. 18.30 i kyrkja på Haga. INNKALLING TIL MØTE I SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Måndag 22. april 2013 kl. 18.30 i kyrkja på Haga. SAKSLISTE: Sak 12/13 KS Sak 13/13 KS GODKJENNING AV INNKALLING/ MØTEBOK MELDINGAR OG RÅDET

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2 RETTLEIAR BYGGSØK Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2 Kvinnherad kommune Juni 2014 Utfylling av søknad Nettadresse: http://ebs-2010.dibk.no/ Eventuelt via www.dibk.no HUGS: Les hjelpeteksten til

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN Os kommune Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Luranetunet Møtedato: 26.10.2004 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

STATENS NATUROPPSYN. anne.rudsengen@miljodir.no. Konkurransegrunnlag: «Prosjekt- og arbeidsleiing av stirestaurering i Jostedalsbreen nasjonalpark»

STATENS NATUROPPSYN. anne.rudsengen@miljodir.no. Konkurransegrunnlag: «Prosjekt- og arbeidsleiing av stirestaurering i Jostedalsbreen nasjonalpark» STATENS NATUROPPSYN Konkurransegrunnlag: «Prosjekt- og arbeidsleiing av stirestaurering i Jostedalsbreen nasjonalpark» Tilbodsfrist: 9.mai 2014 Tilbodet vert å sende på e-post til Statens naturoppsyn postmottak@miljodir.no

Detaljer

Lønnsundersøkinga for 2014

Lønnsundersøkinga for 2014 Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember

Detaljer

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015. Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015. Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte: Vår ref. 15/537-2 033 /KASB Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015 Tokke kommune - kontrollutvalet Det vert med dette kalla inn til møte: Dato: 11.05.2015 Tid: kl 10.00 12.00 Sted: Møterom Kultur,

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2014/2350-21542/2014 Sakshandsamar: Grethe Bergsvik Dato: 09.10.2014 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Drøftingssak - Eigarskapsmelding 2015 Samandrag

Detaljer

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS Møte nr: 2014-08 Tid: 22. september 2014 kl. 15.00 18.30 Stad: Lærdal, møterom 2. etasje KIWI-bygget Til stades Rolf Jerving (Styreleiar) Jarle Molde

Detaljer

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av bruktbil mellom private

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av bruktbil mellom private Partar Seljar Namn: Adresse: Postnr/stad: Tlf.: E-post: Kjøpar Namn: Adresse: Postnr/stad: Tlf.: E-post: Side 1 av 6 Køyretyopplysingar Merke og type køyrety Årsmodell Fyrste gong registrert Registreringsnr.

Detaljer

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av bruktbil mellom private

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av bruktbil mellom private Om kontrakten Kontrakten kan fyllast ut elektronisk eller skrivast ut og fyllast ut på papir. Forbrukarrådet tilrår at kontrakten blir fylt ut elektronisk av partane i fellesskap. Forbrukarrådet oppmodar

Detaljer

Verneverdige bygningar i kulturlandskapet

Verneverdige bygningar i kulturlandskapet Verneverdige bygningar i kulturlandskapet Byggjeskikk og istandsetjing Stig Nordrumshaugen, restaureringsleiar i kulturavdelinga INNHALD Kva har vi, og kva er viktig å ta vare på? Eldre ressursbruk i kulturlandskapet

Detaljer

Presentasjonsmalar - Powerpoint. Kort rettleiing i bruk av malane

Presentasjonsmalar - Powerpoint. Kort rettleiing i bruk av malane Presentasjonsmalar - Powerpoint Kort rettleiing i bruk av malane Presentasjonsmalar - Powerpoint Kort rettleiing i bruk av malane Det er utarbeidd to malar til bruk ved presentasjonar: Hfk-ppmal-1.pot

Detaljer

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank. MODALEN KOMMUNE Rådmannen Rådmannen er den øvste administrative leiaren i kommunen og skal førebu saker og sette i verk det som politikarane bestemmer. Alle saker og dokument som vert lagt fram til politisk

Detaljer

SØKNAD OM STØTTE TIL PROSJEKT AUDIOGUIDING, NESBYEN TURIST- OG NÆRINGSSERVICE OG HALLINGDAL MUSEUM

SØKNAD OM STØTTE TIL PROSJEKT AUDIOGUIDING, NESBYEN TURIST- OG NÆRINGSSERVICE OG HALLINGDAL MUSEUM SAK 71/08 SØKNAD OM STØTTE TIL PROSJEKT AUDIOGUIDING, NESBYEN TURIST- OG NÆRINGSSERVICE OG HALLINGDAL MUSEUM Saksopplysning Nesbyen turist- og næringsservice AS, i samarbeid med Hallingdal Museum, søkjer

Detaljer

10/1363-46/K2-L32//AEM 27.05.2015

10/1363-46/K2-L32//AEM 27.05.2015 STRYN KOMMUNE Avdeling for kart og oppmåling NOTAT Dok. ref. Dato: 10/1363-46/K2-L32//AEM 27.05.2015 Adresseforskrift for Stryn kommune 1. Føremål og omfang Føremålet med forskrifta er å legge til rette

Detaljer

Reguleringsføresegner

Reguleringsføresegner Førde Kommune Reguleringsføresegner Plan: INDRE HORNNESVIKA Utarbeidd av: Førde kommune, Arealforvaltning Vedtak/Stadfesting: Avskrift Sak 048/09-29.10.2009 Planid: Arkiv nr.: 20090002 L12.0902 Dato org.

Detaljer

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET Vedteke i K-sak12/39 datert 19.09.2012 Søknad om tilskot skal sendast til: SANDØY KOMMUNE Tiltaksnemnda 6487 HARØY Desse vedtektene er utarbeidde på grunnlag

Detaljer

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418 Vaksdal kommune SAKSFRAMLEGG Saksnr: Utval: Dato Formannskap/plan- og økonomiutvalet Kommunestyret Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418 Revisjon av retningsliner

Detaljer

Viser til søknad om utplassering av båt, oversending frå Lom fjellstyre ved deira sak 6/2014.

Viser til søknad om utplassering av båt, oversending frå Lom fjellstyre ved deira sak 6/2014. NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN Lom fjellstyre SAKSBEHANDLAR: KARI SVEEN ARKIVKODE: 2014/2381 - DATO: 10.04.2014 JOTUNHEIMEN NASJONALPARK - DISPENSASJON - UTPLASSERING AV BÅT OG OPPBEVARINGSKASSE

Detaljer

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200803028-19 Arkivnr. 81 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Valnemnda Fylkestinget Møtedato 11.11.2009 18.11.2009-19.11.2009

Detaljer

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS Møte nr: 2014-06 Tid: 23. juni 2014 kl. 08.00 10.30 Stad: Lærdal, møterom 2. etasje KIWI-bygget Til stades Rolf Jerving (styreleiar) Jarle Molde Gro Starheimsæter

Detaljer

8. Museum og samlingar

8. Museum og samlingar Kulturstatistikk Liv Taule 8. I var det 34 millionar sgjenstandar og fotografi, 9 millionar besøk, 2 660 utstillingar og 4 765 kulturhistoriske bygningar i dei 88 seiningane som er inkluderte i sstatistikken.

Detaljer

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune Foto: Naustvågen barnehage Retningsline for samordna opptak i i Stord kommune 1 INNLEIING Alle godkjende i kommunen skal samarbeida om opptak av barn i barnehage, jamfør Lov om 12. Kommunen skal leggja

Detaljer

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN? TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN? Du kan no få oversyn over kva for ressursar og verdiar du har i skogen din. Okt-13 Kva er ein skogbruksplan? Ein skogbruksplan inneheld areal-, miljø- og ressursoversikt

Detaljer

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 Årsmøtet konstituerte seg med Steinar Røyrvik som møteleiar og Rigmor Øygarden som skrivar. Glenn Arne Vie og Sigurd Hatlenes vart valde til å

Detaljer

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit 53 49 68 18/97 53 02 55 turid.tveit@stord.kommune.no

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit 53 49 68 18/97 53 02 55 turid.tveit@stord.kommune.no Røldal Leilegheit 101 & 103 2011 Informasjon Ve og Vel V/Turid Tveit 53 49 68 18/97 53 02 55 turid.tveit@stord.kommune.no Innhaldsliste Prisar:... 3 Litt om leilegheitane... 4 Røldalsterrassen... 4 Utstyr...

Detaljer

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD - Tilleggsakliste Kultur- og ressursutvalet Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD TILLEGGSAKLISTE - Kultur- og ressursutvalet... 2 Tilskot til utgreiing av lokalisering av Hordaland

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2 SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2 Prosjekt Sogn lokalmedisinske senter, Lærdal. Rapport forstudie og vidareføring TILRÅDING: Leikanger kommunestyre gjer

Detaljer

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

SAMLA SAKSFRAMSTILLING Side 1 SAMLA SAKSFRAMSTILLING Arkivsak: 05/1508-9606/08 Saksbeh.: Berit Marie Galaaen Arkivkode: PLAN 301/1 Saksnr.: Utval Møtedato 82/08 Formannskap/ plan og økonomi 05.06.2008 43/08 Kommunestyret 19.06.2008

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 12.10.2015 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Variasjon i ventetider og fristbrot ARKIVSAK: 2015/2228 STYRESAK: 107/15 STYREMØTE: 10.11.

Detaljer

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 22.01.2015 Møtetid: Kl. 13:00 14:15 Møtestad: Kommuenstyresalen Saksnr.: 001/15-005/15 Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte

Detaljer

BERGEN KOMMUNE- FANA BYDEL- REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES - MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

BERGEN KOMMUNE- FANA BYDEL- REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES - MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Seksjon for kommunesamarbeid Arkivsak 200407511-12 Arkivnr. 714 Saksh. Rødseth, Marit Ekerhovd, Per Morten Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet

Detaljer

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl. 09.30 Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl. 09.30 Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD HORDALAND FYLKESKOMMUNE - Tilleggsakliste Valnemnda Dato: 11. juni 2013 kl. 09.30 Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD TILLEGGSAKLISTE - Valnemnda... 2 Grieghallen IKS - skiping av selskap, kjøp og

Detaljer

Statens vegvesen Turistvegprosjektet Reguleringsplan Riksveg 51 Valdresflye Valdresflye vandrarheim i Øystre Slidre kommune Orientering om planen Besstrond Maurvangen Valdresflye vandrarheim Bygdin Beitostølen

Detaljer

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID SAK 04/12 SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID Saksopplysning Kommunane i Hallingdal søkjer i brev dat. 2.9.2011 om tilskot til regionalt plansamarbeid. Målet er å styrke lokal plankompetanse gjennom

Detaljer

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: 02.10.2014 Tidspunkt: 13:00

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: 02.10.2014 Tidspunkt: 13:00 Nissedal kommune Møteinnkalling Formannskapet Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: 02.10.2014 Tidspunkt: 13:00 Forfall skal meldast på tlf. 35 04 84 00. Varamedlemmer møter berre ved særskilt innkalling.

Detaljer

OSTERØY VIDAREGÅANDE SKULE - VURDERING AV NYBYGG

OSTERØY VIDAREGÅANDE SKULE - VURDERING AV NYBYGG HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Eigedomsseksjonen Arkivsak 200405151-13 Arkivar. 171.52 Saks. Haavardtun, Helge Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 07.02.2006

Detaljer

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum 2011-2015

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum 2011-2015 KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2014/276-1 Saksbehandlar: Elisabeth Bjørsvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Kultur- og ressursutvalet 21.01.2014 Fylkesutvalet 30.01.2014 Fylkestinget

Detaljer