Onsdag 16. juli 2003 Nr. 28 Årgang 24 Laussal kr 15,-

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Onsdag 16. juli 2003 Nr. 28 Årgang 24 Laussal kr 15,-"

Transkript

1 Onsdag 16. juli 2003 Nr. 28 Årgang 24 Laussal kr 15,-

2 Onsdag 16. juli 2003 Side 2 Postboks Valldal Telefon: , Telefaks: ISDN: E-post-adresse: post@storfjordnytt.no annonse@storfjordnytt.no Utgjevar: Storfjord Bladlag AS, 6210 Valldal Bankgiro: Sats og montasje: Storfjordnytt Prent: Orkla Trykk Nordvest AS, Molde Bladpris: Heilår kr 540,- Halvår kr 290,- Student/vernepliktig, heilår kr 270, Redaksjonen Randi Flø, redaktør Disiplane er måla på sørveggen. Som alle dei andre fi gurane i kyrkja, er dei måla med noko ein i dag truleg ville kalla ein naiv strek. Dei er særs enkle, og ein kunne tru dei var måla før ein fann ut av både perspektiv og proporsjonar. Men dei er altså måla heilt på slutten av det 1800-talet. Så ein kan undrast om ikkje fi gurane er inspirerte av langt eldre utsmykkingar, minst attende til den tidlege mellomalderen. Kvinnene sat lang nordsida og mennene langs sørsida av skipet. For at ikkje kvinnene skulle kjenne seg utrygge, vart det måla eit mannsandlet i himlingen over kvinnebenkene. Rosekyrkja Ingrun Myklebust, journalist Kenneth Strømsøy, journalist Alfred Nilsen, annonsemedarbeidar Annonseprisar: Vanleg plass: kr 4,30 pr. mm Tekstside: kr 5,30 pr. mm Fargetillegg: kr 350,- Gode rabattar for faste kundar og for lag og organisasjonar! Stordal gamle kyrkje, Rosekyrkja, liknar på så mange andre sunnmørskyrkjer når ein ser ho for første gong. Men det er på utsida. KENNETH STRØMSØY Rosekyrkja er rett og slett særare enn dei fleste, men med ikkje så reint lite uransakeleg tiltrekkingskraft. Ho vart sett opp i 1782, etter at den gamle stavkyrkja hadde gjort teneste i fire eller fem hundreår. Stavkyrkja var opphavleg ått privat, men vart konfiskert av staten. I 1724 vart ho seld for 80 riksdalar til Jetmund Erichsen Stordalsholm på offentleg auksjon i Bergen, står det å lese i eit hefte som vart gjeve ut av fortidsminneforeininga på Sunnmøre i høve 200-årsjubileet til Rosekyrkja. 50 år seinare vart kyrkja kjøpt av bøndene i Stordal for 436 riksdalar. Men berre 14 år seinare vart stavkyrkja riven. Det var presten Ebbe Carsten Tønder som hadde overtalt bøndene til å setje opp ei ny og større kyrkje. Fleire gjenstandar i Rosekyrkja stammar frå stavkyrkja, mellom anna det særeigne krusifikset og den døypefonten som står framme i dag. Noko av materialet frå stavkyrkja vart truleg nytta i den nye kyrkja, mellom anna taket i våpenrommet, og i nokre av benkeryggene, der ein tydeleg kan sjå eldre rosemåling. Når det gjeld himlingen i våpenrommet, ser ein at fjølene ikkje ligg slik mønsteret viser dei ein gong har ligge. Dei fire store pilarane kan òg stamme frå stavkyrkja. Ein del av materiala hamna kring på gardane, og for eit par år sidan vart eit par fjøler som truleg kjem frå stavkyrkja, funne på Løset. Fjølene er no hengde opp i våpenrommet. Det var bygdefolket som kom saman og fekk opp kyrkja, slik det framleis er tradisjon i Stordal når noko skal reisast eller vølast. Men det er usikkert om det dreia seg om dugnad eller pliktarbeid den gongen. Den sære målarkunsten i Rosekyrkja er truleg gjort i 1799 av Anders Reinholdt og Webjørn Halling. Kven Reinholdt eigentleg var for ein, er ikkje kjent, men det rette namnet til Webjørn Halling skal vere Webjørn Olsen Hammersbøen, som kom frå rosemålarbygda Hol i Hallingdal. Hammersbøen har òg måla interiøret i gamlekyrkja i Volda og fleire andre vestlandskyrkjer. (Kjelder: «Stordal gamle kyrkje », eit hefte som er gjeve ut av Fortidsminneforeninga, Sunnmøre avdeling. Guide Silje Busengdal.) Storfjordnytt arbeider etter «Vær Varsom»-plakaten sine reglar for god presseskikk. Den som meiner seg ramma av urettmessig avisomtale, vert oppmoda til å ta kontakt med redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt av Norsk Presseforbund. Organet, som har medlemmar frå presseorganisasjonane og allmennheita, handsamer klager mot pressen i presse-etiske spørsmål. Adresse: Prinsensgt. 1, Pb. 46 Sentrum, 0101 Oslo. Tlf , Faks Sommaravis Avisa du no held i handa er inga vanleg utgåve av Storfjordnytt. Vi har laga ei litt meir tidlaus avis denne gongen. Meininga er å vise litt om korleis vi har det rundt om i bygdene i indre fjordstrok. Om det skulle kome ein dag med innever og lite anna å finne på, kan du kose deg med lesestoff i denne utgåva av lokalavisa. Vi er tilbake med ny ordinær utgåve av Storfjordnytt onsdag 13. august, og ønskjer alle ein retteleg god sommar. Randi Flø Retting I førre utgåve av Storfjordnytt kom vi i samband med eit intervju med Lars Petter Sandnes i skade for å skrive at han er den einaste nolevande norddalingen som var med i trefningane ved Kvam i Dette er feil. Også Bjarne Rønneberg var med ved Kvam og lever i beste velgåande. Vi seier oss svært leie for denne feilen. red.

3 Onsdag 16. juli 2003 Side 3 Frå utsida skil ikkje Rosekyrkja seg så mykje frå andre sunnmørskyrkjer med åttekanta skip; ho er enkel, men ven å sjå til. Det vakre steingjerdet har truleg omkransa kyrkjegarden sidan stavkyrkja stod her, men det vart vølt i 1930-åra, og steinen ligg no varleg plassert i sement. Mellom pilarane til venstre (på nordsida) kan ein sjå David i kamp mot Goliat. Evangelistane er over altertavla, men Matteus er teken av ein vasslekkasje. Dei to fargesprakande krossane på pilarane på sørsida av skipet mannssida - er hatteknaggar. Utsikt frå galleriet, der dei aller fattigaste, dei som ikkje hadde råd å setje opp eigne benker, hadde sete. Dei fi re store pilarane kan stamme frå den opphavlege stavkyrkja, som òg var rosemåla. Mellom pilarane på sørsida kan ein skimte preikestolen. Plassane i skipet var reserverte, og folk måtte sjølv bidra med setefjølene. Dei rikaste folka med dei fi naste plassane sat lengst framme. Dei fattige, som berre hadde råd til ein ussel planke, hadde sete bakerst. Den aller fi naste plassen var heilt framme til venstre, framfor kvinnene og altarringen. Presten og klokkaren hadde sete på motsett side. Seglskipet som heng ned i midtgangen har ei ukjend historie.

4 Onsdag 16. juli 2003 Side 4 Trenar på å vere skiskyttar Det siste stykket opp mot Dalsnibba under Geiranger halvmarathon blei ei kald oppleving. Snødrivet hindra ikkje Hans Martin i å ta siger og løyperekord. Hans Martin Gjedrem har konkurrert frå han var tre år, så konkurranse har blitt ein livsstil. Med nytt treningsopplegg ser han lyst på komande sesong. INGRUN MYKLEBUST Skiskyttaren si siste bragd var rekordløpet under Geiranger halvmaraton. Forutan å vinne løpet sette han ny løyperekord etter å ha disponert kreftene godt. Eg låg bak tida frå i fjor til det var fire kilometer att. Det er første gong eg har vore sprek heilt opp til toppen. Det var vanvittig kaldt dei siste to kilometrane. Snøen la seg på huda og smelta ikkje, men det gjekk fort over etter at eg kom i mål. Nytt opplegg Den etter kvart rutinerte idrettsmannen trenar annleis no enn han gjorde før. Tidlegare landslagstrenar Audun Svartdal har teke til å trene rekruttlandslaget, og treningsopplegget hans har falle i smak hos valldalsløparen. Eg er nok i betre form no og trenar annleis. Eg trenar meir på å vere skiskyttar, og mindre på å vere langrennsløpar. Vi driv med intensitetstrening der ein trenar meir med overskot og der ein kjenner seg god i kroppen. Tidlegare har eg trent på å gå fortast muleg med mjølkesyre, no trenar eg på å gå fortast utan. Trenar ein godt, får ein det att over alt, konkluderer Hans Martin, og trur at det nye treningsopplegget har gjort sitt for sigeren i halvmaratonløpet. Tørre meir Sesongen han har bak seg har ifølgje løparen vore den beste han har hatt nokon gong. Han er mest nøgd med eit jaktstartløp i Italia der han gjekk seg opp frå ein 12. til ein 3. plass. Frå EM-løpet er han godt fornøgd med siste skytinga, sjølv om han syntest at han generelt gjekk for sakte på ski. Hans Martin har lurt på korleis ein skal tenkje for å vinne. Før har han prøvd å avgrense kva typar tankar han skal ha under eit løp. Den nye trenaren rår løparane til å ta inn litt av det som skjer rundt løypa, til dømes jubel frå tilskodarane, for så å la det gå ut igjen. I tillegg til dette er skitalentet oppteken av at han må ofre meir og tørre meir, og bruke 20 sekund på ei skyting i staden for 40 sekund. Eg har vore jamn og tek sjeldan sjansar. Då blir det aldri topp resultat. Det handlar om å vere tøff, tørre å tape og tørre å vinne, seier han. Det kjennest godt å ha blitt 23 og ha ein god porsjon erfaring i ryggen. Han meiner han er i ferd med å ta steget opp mot dei eldre løparane. Valldaling Eg ser for meg at eg blir valldaling i lang tid framover, seier Hans Martin Gjedrem. Når han ikkje konkurrerer eller trenar, arbeider han på garden til familien. Om dette blir yrket hans i framtida er usikkert, men han set pris på variasjonen mellom dei ulike aktivitetane innan idretten og garden. Han skildrar seg sjølv som ein rastlaus person som set pris på reisene som konkurransane fører med seg. Etterpå er det godt å kome heim att til bygda. I november set han kurs mot Geilo til milevis med godt preparerte løyper og stabilt klima. Først i mars blir Geilo bytta ut med Valldal att. Støtte I 2006 blir det ny olympiade. Der har Hans Martin eit mål om å vere med. Men først vil han prøve å kome med på elitelaget og i World-Cup. Vi har aldri hatt eit så godt elitelag nokon gong. Eg lever i håpet om å kome med der, eg har tru på det eg held på med, så eg ser ikkje nokon grunn til at andre skal gå fortare enn meg, konkluderer Hans Martin om lagdeltakinga. Han er glad for dei rundt han som støttar opp om idretten hans. Det gjeld både familien, folk i bygda og samarbeidspartnerane i næringslivet. Skiskyttaren synest det er positivt at langrennsgruppa i VIL har kjøpt inn tre våpen. På denne måten kan det bli eit lite miljø for skiskyting også i Valldal. Eg skulle gjerne brukt meir tid på dei som vil gjere noko innan skiskyting, seier han, men innser at han må bruke kreftene på si eiga karriere ei tid framover. Rulleski, sykkel og traktor er dei viktigaste arbeidsreiskapane framover. Hans Martin Gjedrem kombinerer gardsarbeid og trening i sommar. Så er det klart for ein ny konkurransevinter.

5 Onsdag 16. juli 2003 Side 5 Jobbar fram flytande båtplassar Bryggemodulane er i ferd med å kome på plass der dei skal vere. Norddal har snart fl ytebrygge med plass til mange gjestebåtar. INGRUN MYKLEBUST Kjell Krohn Dalen fortel det vert heile meter med gjestebrygge. Dette er mykje, og vil gi båtturistane ei ny hamn. Heile 50 lokale og mindre lokalt tilhøyrande personar har meldt si interesse for å ha båt i hamna, eit langt høgare tal enn venta. Hittil har ikkje Norddal vore staden båtfolket har søkt til, med unntak av ei lita kai har ikkje staden hatt hamnemulegheiter. Fleire initiativtakarar frå bygda har snudd situasjonen. Styreleiar for Norddal Hamn, Lars Roar Storås, er takknemleg for at Fjordlaks ga dei modulane dei no lagar flytebrygge av gratis. Å kjøpe nytt ville ha blitt ei dyr affære. Selskapet har også vore hjelpsame då dei trengde båt med kran for å flytte delane dit dei skal liggje. Det har vore eit omfattande arbeid å få modulane på plass. Storås fekk med seg Olav Melchior, Kjell Krohn Dalen, Kjell Grønningsæter og Trygve Dalen til dette arbeidet. No ligg bryggja nesten slik ho skal ligge, neste steg blir å kle opp att modulane med nytt tredekke oppå og på sidene. Det er ikkje snakk om å pusse ned den tilsynelatande rustne stålkonstruksjonen. Når arbeidet er ferdig, vil det heile sjå ut som ei flytande trekai, seier Lars Roar Storås. Han fortel at stålet er galvanisert og ikkje noko som trengst å pussast ned. Det er berre nede det er rusta, øverst er det blankt og fint. Då vi skulle dele gods med skjerebrennar, trudde vi det var skore over, men det viste seg at det hang att i ei halv centimeter tjukk stålflenge som nekta å gi slipp. Det er solid stål, konkluderer han. I juli - august blir det dei interesserte båteigarane sin tur til å vere med på dugnad. Då vil det vere arbeid som alle kan ta del i. Det blir opna for 50 timar dugnad per båtplass, arbeidet kan gå inn som del av startavgifta. Eg ser det allereie, og eg ser det frå tidlegare prosjekt, at det er positivt å jobbe saman fram mot eit felles mål, seier Lars Roar Storås. Båtfolket i Norddal har planar for området på land også. Kjell Krohn Dalen ser for seg ei vidare steinsett forbygning mot sjøen og eit bygg ved hamna. Når vi har så mange gjesteplassar her, må vi ganske fort få til eit bygg med toalett og vaskerom. Båtfolket er vane med dette frå andre plassar. Vi forventar god støtte og hjelp av kommunen til dette, avsluttar Dalen. Kjell Krohn Dalen (t.v.) og Lars Roar Storås er blant dei som har mange dugnadstimar bak seg med å byggje om fl ytebrygga.

6 Onsdag 16. juli 2003 Side 6 Han skriv om skred Astor Furseth bur fi nt til, høgt over Vika. Her ser han ut over fjell og fjord og over skredhistorie og menneskelagnader. Han interesserer seg for mangt, Astor Furseth. Men det kan ikkje vere mykje som engasjerer han meir enn fjellskred. KENNETH STRØMSØY Astor Furseth bur høgt over Vika, øvst i byggjefeltet rett innafor Fjørå-tunnelen. Faktisk var han den første til å byggje i dette feltet, og forsynte seg med beste tomta, seier han sjølv. For når utsikta er over fjord og fjell, og det er skredhistorie og menneskelagnader så langt augo rekk, då kan han ikkje krevje meir av ei tomt. Media kallar gjerne Furseth for skredforskar, men sjølv er han ikkje så glad for ein slik tittel: Han har ikkje utdanning korkje i skred eller fjell, men i tenner og hòl. Det er tannlækjar han er utdanna til; skred og historie har han soge til seg på fritida. Men du kan kalle meg skredhistorikar. Då trakkar eg ikkje nokon på tærne, seier Furseth. Frå huset ser Astor Furseth både arret etter Tafjord-skredet i 1934 og dei to hamrane som no trugar med å dette ned. Til saman er det meir stein i dei enn i hammaren som rasa ut for snart sytti år sidan. Den øvste ligg òg høgare oppe, og får endå høgare fart når han ein gong treff vassflata. Men skredhistorikaren har inga tru på at båe hamrane vil falle til same tid. For sjølv om dei ligg tett, er det ikkje nokon direkte samanheng mellom dei. Furseth ser heller ikkje nokon grunn til å engste seg for nedfallsfjell i næraste framtid: Ventar på stor-skredet Det er heilt usannsynleg at hamrane vil falle ned på dei første 30 åra. Dei heng truleg om 100 eller 200 år òg, men dette er meir usikkert. Det som er sikkert, er at dei vil falle ned ein gong. Derfor bør vi kome i gang med målingar så snart som mogleg, så vi har sikre data å halde oss til den dagen fjellet tek til å røre på seg, meiner Furseth. Men om ikkje hamrane i Heggurda fell med det første, er han viss på at det vil kome eit Tafjord-liknande skred ein stad på Nordvestlandet i løpet av nokre tiår. Skredhistoria syner heilt klart at det snart er tid for eit skred i denne delen av landet. Samstundes har vi ein eineståande natur med høge fjell som stupar rett i sjøen. Det er det som gjer at skreda her vert så katastrofale, fortel Furseth engasjert. Ein av stadene det neste, store nordvestlandske fjell-til-fjord-skredet kan gå, er i Åkernesfjellet mellom Stranda og Hellesylt. Her er det langt større rørsle i fjellet enn i Heggurd-hamrane, og når fjellet ein dag sklir ut, vil flodbølgja feie Hellesylt av kartet. For husa på Hellesylt ligg altfor lågt til å klare seg mot den store fjellskredbølgja. Interessa for fjellet har vore hos Astor Furseth sidan han vaks opp i Sykkylven. Men tiltrekkinga til skred kom etter han flytte til Fjørå og tok til å studere Tafjord-ulukka. Kunnskapen vart til boka Dommedagsfjellet i Seinare har han halde fram å studere skred, og har mellom anna samla det meste avinformasjonen som ligg i den nasjonale skreddatabasen, www. skrednett.no. Heime hos seg sjølv har han både papirarkiv og dataarkiv med bilete frå dei fleste skreda i Norge i nyare tid. Og han kan truleg fortelje frå kvart einaste eitt av dei. Multitalent Men tannlækjar Furseth er meir enn eit flogvit om fjellskred. Dei kunstneriske talenta er varierte. Mest kjend er han som forfattar av både prosa og faglitteratur. Dei siste ti åra har faglitteraturen først og fremst historiske skriftstykke vore einerådande, men før vart det både romanar og noveller. Fleire av bøkene har fått strålande kritikkar, og dei fleste vart utselde etter kort tid. Novellesamlinga Torøy frå 1984 hausta til dømes stor merksemd, medan kriminalromanen Den gåtefulle Wilhelm Weider fekk tredelt andreplass i ein romankonkurranse som Tiden Norsk Forlag heldt i 1990, seier Furseth. Men sjølv om bøkene stort sett har selt ut, er det ingen som har tora satse på nye opplag. Forlaga er sjeleglade når ei bok sel ut, men er redde for at andreopplaget ikkje vil selje like bra som førsteutgåva, seier ein lett indignert Furseth. Derfor måtte han ty til eige forlag då han ville ha Dommedagsfjellet i ny utgåve. Målarkunsten har Astor Furseth òg dyrka, og han har mellom anna stilt ut på Vestlandsutstillingen. Men etter kvart har han vorte ein travel mann, og dei seinare åra har det ikkje vore tid til å måle. Det han voner å få tid til når han etter kvart legg frå seg amalgamet, er å skrive ein kriminalhistorisk roman, mest truleg basert på bondeopprøret i 1595 og avrettinga av Jo Jamt i Allereie i 14-årsalderen frilansa ungguten Furseth for Sunnmørsposten. Saman med den no kjende forfattaren Rolf Sagen, som var nabo i Sykkylven, tok han bilete og skreiv tekst frå ulike hendingar i lokalmiljøet. Seinare skreiv han mellom anna for A-magasinet, der han vart den første til å få på trykk ei kriminalnovelle på nynorsk. Sidan har det vore mange skriftstykke, men først og fremst i ulike fagblad. Frå morssida har Astor Furseth arva eit absolutt gehør. Morfaren, Martin Lysholt, var ein omtykt spelemann som vart frelst og kasta fela, men heldt fram som drivande dyktig organist, og arrangerte fleire salmar, mellom anna Å hämma hos Gud, som framleis vert spela i gravferder. Lysholt kunne høyre ein melodi einstemt og gå rett bort og spele han firstemt, og han sytte for at vesle Astor lærte seg notar før han kunne skrive. Sjølv om han har fått gehøret med seg, hevdar Astor Furseth han ikkje er musikalsk nok til å drive seriøst med musikk. Men evnene strekte i alle fall til at han fekk ei grei sideinntekt av å spele taffel på Oslo-restaurantene i studietida. Gode karakterar Og når ein først er kome fram til studietida, er det ikkje til å unngå å undre seg over korleis eit menneske med så mange interesser og evner ramla inn på tannlækjarstudiet. Svaret er enkelt: Eg hadde gode karakterar frå artium, og måtte bruke dei på noko. Det var særs vanskeleg å kome inn på både tannlækjar- og lækjarstudiet, og det var aldri på tale at eg skulle drive med noko anna, fortel han nøkternt. Men historielæraren var forferda over planane, og meinte han burde nytte hovudet på humanistiske fag. Det enda med at han tok til på statsvitenskap, der han ikkje fann seg til rette med mangelen på orden og struktur. Deretter bar det over i militærtenesta, før han fekk permisjon etter 12 månader for å studere odontologi. Det var med von om greie arbeidstilhøve han valde tenner framfor kropp. Vona vart innløyst, og Furseth har vore vel nøgd med arbeidssituasjonen, ikkje minst som kommunetannlækjar i Norddal sidan 1978, med korte dagar og godt med permisjonar. Likevel har han angra ein del gonger på at han ikkje valde ein annan karriere, og fleire gonger har han tenkt på å finne seg noko anna å leve av. Problemet med eit slikt yrke som eg har, er at ein vert vand med å ha god og fast inntekt, innrømmer Furseth. Det går ikkje å leve som forfattar i dag. Då må ein skrive artiklar og kronikkar i alle moglege aviser og blad. Men når 63-åringen ein gong trekkjer den siste norddalstanna og går i gang med pensjonisttilværet, renn nok orda fortare frå Astor Furseth enn nokon gong før. Og ein kan vel ikkje sjå bort frå at hendene finn attende til både penselen og pianoet.

7 Onsdag 16. juli 2003 Side 7 Det ligg nydeleg til, huset til Oddmund Ansok. På bøen framom huset dukkar det opp både smått og stort av dyr. Her har vore opptil 25 hjort på ein gong, og det dukkar stadig opp rådyr. Om morgonen den dagen Storfjordnytt vitja, hadde det sete ein hare og kost seg her. Vil halde i hevd Det er ikkje mange i verda som bur med like fi n utsikt som frå dei to gardane på Ansok. Men den dagen graset ikkje vert slått lenger, den dagen er utsikta tapt. KENNETH STRØMSØY Det finst skriftleg dokumentasjon om busetnad på Ansok attende til 1540, men det er funne spor etter folk her attende til vikingtida. Men om det var den usedvanleg vakre utsikta som lokka vikingane til å slå seg ned, er ikkje godt å vite. I alle fall må det ha vore trygt med utsynet over Norddalsfjorden, Sunnylvsfjorden og Storfjorden. Sola står på mest heile dagen, og det er særs grøderikt her, fortel Oddmund Ansok. Planteforskarar har kika på området og funne eit vell av ulike plantar. Hest og kyr Foreldra til Oddmund Ansok levde berre av garden, og hadde både hest og kyr fram til 60-talet. Oddmund Ansok tok over i 1965, men det var aldri aktuelt å drive berre med gard. Det var ikkje lenger til å leve av. Fram til 1972 dreiv han med sau. Då gav han seg heilt med garden. Men då han såg skogen sprette opp som ein vegg, kunne han ikkje halde seg unna, og etter fem år tok han til å rydde. Teig for teig vart teken år for år, og med god hjelp av slekt og vener er nesten heile området som var rydda for tretti år sidan atter ein gong gjort til mark. Men han har halde eit lite område urydda, til skrekk og åtvaring om korleis det ville gått om skogen hadde fått vekse fritt. Eigentleg er det ein vakker liten lund med fagre lauvtre og herlege villmorelltre. Men sjølvsagt, hadde skogen vore slik over heile innmarka, hadde det ikkje vore mykje til fjordsikt å nyte. Oddmund Ansok er oppteken av å halde gardane i hevd så dei ikkje gror att. Men han fryktar det snart verte umogleg å halde stand. Men han har no ikkje tenkt å gje seg utan ljåslag. Han har 150 spælsauer, og får slått nok tørrgras så dei klarer seg gjennom vinteren. Villmorellar Sauene er eit hjelpsamt dyreslag, og er ganske så naudsynte for å klare å halde markane i hevd. Oddmund Ansok er fascinert av kor smarte sauene kan vere for å få i seg nokre ekstra godsaker. Du ser dei små villkirsebærtrea der borte? Når sauene vil ha tak i bæra, lener dei seg opp langs stamma så greina bøyer seg ned, nett som vi menneske gjer. Viss det ikkje hadde vore for sauene, hadde det vore godt med villmorelltre på Ansok. Men sauene elskar morellar, og et opp greinene på småtrea, så dei ikkje får vekse opp. Likevel er det eitt og anna tre som klarer seg og vert stort, og Oddmund Ansok fortel at om du skjermar av eit område, kan du vere nesten viss på at det sprett opp eit morelltre. Veg I år er det 101 år sidan vegen frå Liabygda til Ansok vart bygd. Det meste av vegen er bygd med to par hender, av Rasmus Ansok og Jørgen Ansok. I starten var Lars Klevberg òg med, men han gav seg for å konsentrere seg om vegen mellom Ansok og nabogarden Klevberg. I tillegg vart det leigd inn litt hjelp på eit par av dei vanskelegaste partia. Men stort sett var det Rasmus og Jørgen Ansok som gjorde alt arbeidet, og dei var ikkje ferdige før etter 18 år. Seinare har han vore utbetra eit par stader, men ikkje så mykje, og sjølv om han opphavleg var tenkt til kjerre og vogn, finst det ikkje problem å køyre her med privatbil. Oppvekst Det var ikkje råd å keie seg den gangen Oddmund Ansok vaks opp. Dei var med på arbeidet på garden, dei klatra i tre og fjell, og ikkje minst fanga dei ymse slag dyr. Vi fanga både ekorn, mår og oter. Det Løa er frå Her lagrar Oddmund Ansok tørrgras til sauene. var skinnet vi ville ha. Vi flådde dyra sjølve, og strekte dei på ei plate. Kvart år sende vi skinna til Rieber i Bergen, og fekk med det lommepengar så vi klarte oss til neste år. For eit ekornskinn fekk vi 2 kroner og 50 øre, for eit mårskinn fekk vi 10 kroner. Det var mykje pengar, den gongen, fortel Oddmund Ansok. Men no har folk vorte altfor opptekne av pengar, tykkjer Oddmund Ansok. Ingen gjer noko om dei ikkje får betaling, ikkje ein gong ungane. Då eg var liten, var det om å gjere å klare mest mogleg av det dei vaksne gjorde. Men i dag er alt vorte farleg, og ungane har ikkje ein gong lov å vere med og arbeide. No har det vorte slik at om du spør ein unge om å gjere eitt eller anna, er svaret alltid: Kva får eg for det? Stor skam I det heile er det mykje Oddmund Ansok ikkje er så nøgd med når det gjeld samfunnsutviklinga: Absolutt alt skal setjast ut på anbod. Kommunen har til dømes sett bort ryddinga av kraftlinene, noko som har ført til at trea berre vert felte, men ikkje fjerna. Sjå her, seier han, og peikar på haugar med tre som ligg og bossar langs vegen mellom Ansok og Klevberg. Telenor har gjort det same. Det er ei stor skam, seier han med harme.

8 Onsdag 16. juli 2003 Side 8 Queen Elisabeth har lagt seg langt ut i fjorden, i einsam majestet. Thea Decker tar skipstreffet på fjorden med stor ro. Ho har sett skip kome og gå i over 20 år i turistbygda, og veit at i morgon ligg fjorden blank og stille att, i alle fall i nokre timar. Edwin frå Filippinane er på førstereis om bord i Columbus. Han er mildt sagt begeistra for trollet på kaia. Å vere cruise-turist har sin pris, som det å stå i kø... i regn.

9 Onsdag 16. juli 2003 Side 9 Full fjord i Geiranger Thea Decker sit ved sjøkanten på ein malingssliten gul benk og les i ei bok. Framfor henne ruvar det store, kvite skroget til turistskipet Costa Romantica som eit isfjell på den algemetta fjorden. Kalenderen viser 11. juni. INGRUN MYKLEBUST Bak isfjellet ligg cruiseskipa Queen Elisabeth, Paloma og Columbus fortøydde. Idet mannen til Thea kjem putrande inn frå fiske i plastjolla si, snor hurtigruta Nordlys seg ut mellom alle skipa. Om bord i båtane er det 4000 turistar frå tallause nasjonar av dei har tenkt seg i land. Tyske Thea er på stamhytta si ved Homlong Camping for 20. året på rad, så ho har sett fjorden koke av turistar før. Roleg let ho att boka ho les i og går ned på brygga for å ta imot mannen som lempar i land ei plastkasse full av sei, lyr og torsk. - Det er bra at båtane kjem av og til, men det er heldigvis ikkje så mange kvar dag, smiler ho i det ho går. Håper på kø Dei nærare 80 bussane som er kalla inn frå store delar av Vestlandet for å ta båteventyrarane opp til Dalsnibba er i ferd med å fyllast opp på motsett side av fjordarmen. Ikkje alle turistane tek turen opp på fjellet. Ein heil del vandrar inn i ein eller fleire av suvenir-butikkane, men innehavar av Fjordbuda, Karl Øyvind Hjelle, håper den halvfulle butikken vil bli endå meir folksam seinare på dagen når bussgjestane kjem tilbake. - Vi merkar at amerikanarane sviktar i år, det er svært mange avbestillingar på hotella, får han sagt, innimellom omrekning til euro og dollar av butikken sine prisar for ventande kundar. I ein av suvenir-butikkane har ei amerikansk kvinne valets kvalar mellom ulike isbjørnvariantar. Kanskje er det turistskipisfjellet som inspirerer henne, kanskje er det regnet som set ei kjøleg stemning, ho kjem i alle fall stadig tilbake til isbjørnhjørnet. - Denne ser meir ut som ein sovande katt enn ein isbjørn, seier ho til mannen, og valet fell på ein som står oppreist. Ein kaffi, takk Filippinske Edwin som er mannskap på cruiseskipet Fjordbuda. I bakgrunnen gir Karl Øyvind Hjelle hjelp til turistar som vil handle skinnvarer. Columbus, strålar gjennom regndropane. Dette er hans første tur, og han sørgjer for at ein kamerat tek video-opptak av han framfor eit troll som er eit trollhovud høgare enn han. Lenger borte på kaia har Elisabeth Scheby i lunsj- og kaffibaren Laizas tid til å gå ut for å sjå på folkelivet. Serveringsstaden har nyleg opna, og ei ny erfaring er at cruise-gjestane berre drikk ein rask kopp kaffi og er lite interesserte i mat, det har dei visst nok av om bord i skipa. Idet ho står på kaia, merkar ho tett, grå røyk frå omfangsrike skipsskorsteinar. Men snart tek eit vindpust røyken med seg, og smilande turistar ser ut til å kose seg i det travle gatebiletet. På grensa Mette av opplevingar buktar køen av ventande turistar seg bortover trekaia i Geiranger. Det lette juniregnet gjer at matrosane jobbar på spreng for å få frakta folkemengda fortast muleg tilbake til båtane. Tyskspråkleg guide Katrin Schirmer og sjåfør Martin Inge Hole tel opp tipsen frå bussturen og deler han mellom seg. Katrin spring for å rekke sin andre sommarjobb som ho har på eitt av hotella. Martin Inge tar fatt på å rydde bussen. Han fortel om trengsel av bussar og turistar på Dalsnibba, og er glad det ikkje skjedde uhell på dei smale vegane. Sjåføren synest fire skip er på grensa til det forsvarlege når så mange skal i land. Geirangerbygda pakkar saman og pustar ut etter besøket. Til helga er det Geiranger Halvmaraton, då kjem det nye mengder turistar. Dei har truleg tid til å kjøpe seg mat til kaffien, og kanskje klarer dei å fylle opp souvenirbutikkane. Men isbjørnar skal dei nok ikkje ha. Elisabeth Sheby får følgje av ein lykkeleg turist på land.

10 HANDVERKARAR HANDLANDE BUTIKKSENTERET I VALLDAL Tlf./faks Tlf Mobil Mobil Brødr. Tafjord 6215 Eidsdal - Tlf Mobil Faks Rørleggarfirma - Mekanisk verkstad E-post: georg.in@online.no TLF VALLDAL - FAKS E-post: valldal. hoevleri@c2i.net Alt i byggevarer, jernvarer, måling, hus, hytter og garasjar Byggeplanar? Ta kontakt. H.L. MURI AS 6210 VALLDAL TLF FAKS Garn Gåver Souvenirar 6210 Valldal Tlf/faks Kåre Løvoll, tlf Jan Kåre Eide, tlf Rørleggar Harald Starheim 6210 Valldal Tlf Faks Mobil Basisblokk Forskalingsblokk Trønderblokk 6210 VALLDAL TLF FAX Fleksibel rørleggarbedrift på indre Sunnmøre! Storfjord Rørservice AS Gunnar Arntsen 6215 Eidsdal, tlf mobil Syltemoa Sandtak AS 6210 Valldal Ferdigbetong Betongpumping Sand Singel Tlf Mobil A S Tlf / HUD- OG HÅRPLEIE Opningstider: Måndag kl Tysdag kl Onsdag Eidsdal/VTS Torsdag Geiranger og Stordal, sjå oppslag Fredag kl Bodil K. Waldal, 6210 Valldal Tlf / Mobil Åpningstider: Man Tirs Ons Tors Fre Lør OPTIKER Synsundersøking og kontaktlinsetilpassing Briller Timeavtale optiker/øyelege Tlf Muritunet HANDLANDE Valldal Kontor & Data ANS 6210 Valldal Tlf Faks HA EIN FIN DAG! OPNINGSTIDER: 9-21 (9-18) 6210 VALLDAL - TLF FAKS Alf Tafjord Landhandel 6213 Tafjord - Tlf Uribrua Hagesenter 6210 Valldal Tlf Vi har planter til hus og hage. Ope frå april til desember. Rådjeving, planting og stell av hage og grøntanlegg. Storås Handel 6214 Norddal Tlf

11 SERVERING Velkomen til Muritunet Kafé Lupinen open mån. - søn. kl Buffet kvar søndag kl Selskap Kurs Møter Catering Mat og drikke i sentrum av Valldal, tlf BIL/LANDBRUK Graving og transport Levering av pukk, grus og naturmurstein 6210 Valldal Tlf REINHALD Tlf Mobil ØKONOMI Busengdal Transport as 6250 Stordal Tlf Totalentreprenør innen bransjene: Graving Sprenging Transport Kraning Tungtransport Mobile knuseverk Vi leverer fra vårt knuseverk: Grus Singel Pukk Sprengstein Murstein Solda jord Din lokale bank 6210 Valldal, Tlf Eidsdal, Tlf Stordal, Tlf Nettbank: Med god mat, god service og nostalgisk atmosfære, skaper vi den rette ramma rundt arrangementet ditt. Petrines Gjestgiveri 6214 Norddal Tlf (privat) Faks E-post: petrines@petrines.com - BIL/LANDBRUK STORDAL AUTO AS 6250 Stordal - Tlf Faks Kortautomat ute/inne Kiosk - rekvisita - video Storgata Stranda -Tlf Faks lokalt styrt og lokalt eigd sidan Ingeniørar Reguleringsplanar Hytte- og bustadsfelt Byggeleiing Anleggsleiing Planlegging av grøntanlegg Opparbeiding av friområde 6210 Valldal Tlf Faks Mobil E-post: post@nordvestplan.no

12 Onsdag 16. juli 2003 Side 12 Tor Egil Lyngstad fortel at spekemattallerken har vist seg å vere in populær rett om bord i ferja. Frank Roger Johnsen (t.v.) og Sigurd Hovde i styrehuset. Guiden Elida Brenna Linge har mykje spennande å fortelje. Her viser ho fram ei humleplante. Fjorden på langs Her er Norddalsfjorden på sitt djupaste med meir enn 500 meter. Opplysninga kjem frå Elida Brenna Linge, som er guide på turistferja Voksa, som dagleg går to gongar turretur Valldal Geiranger. RANDI FLØ Det er like før ferja rundar Skrednakken og stemner inn Sunnylvsfjorden ho kjem med denne opplysninga. Sidan vi la frå kai i Valldal har vi fått vite mykje, både om notid og fortid, om bygder og gardar på styrbord og babord. Ferja har gått denne ruta i vel to veker då Storfjordnytt blir med på turen. Det er ikkje akkurat fullt, men guiden får bruk for å snakke både engelsk og norsk. Alle får utlevert eit ark, på eine sida er det eit kart med namn på alle fjordgardane, på den andre sida er det opplysningar om gardane. For å få lære endå litt meir om korleis det kunne vere å leve og bu her i før i tida, blir folk inviterte ned i salongen. Gamle reiskap blir viste fram og fortalt om, ein stuttorv, eit trerive og eit lauvjarn. Ei humleplante blir også vist fram. Denne planta vart brukt i ølbrygginga, og også til medisin, den skal vere søvndyssande, fortel guiden. Sidan tek ho fram kardar og ein handtein. No kan den som vil få lage sin eigen tråd av saueull. Passasjerane har flokka seg rundt guiden og følgjer med på det som blir fortalt. Sjå Sunniva, slik gjorde ho oldemor i Heggen, seier ei bestemor til barnebarnet sitt. Snart er fleire av ungane med på karding og spinning. Resultatet er ulltråd som dei får ta med seg som minne frå turen. Med på turen er mellom andre tre generasjonar av familien Heggen frå Askim. Dei ferierer på hytta i Valldal, og tek seg ein dagstur med ferja til Geiranger. Ved å ta med bilen, kan dei ta seg ein rundtur i Geiranger og mellom anna vitje Fjordsenteret og køyre tilbake til Eidsdal og ta ferja der. Eit dansk par har leigd seg hytte i Valldal for nokre dagar, og tek dette som ein dagstur, både fram og tilbake. Dei syntest turen var fantastisk. Også familien Bakken frå Vestnes er glade for at dei tok turen. Dei kom med bil frå Vestnes og vil køyre tilbake over Eidsdal. Synest de det blir dyrt for ein familie på fem? Vi har verdikort frå MRF, som gir rabatt, så det er overkomeleg. Å ta hurtigruta frå Ålesund til Geiranger vil bli dyrare. Å køyre til Hellesylt blir langt for oss, og det er ikkje noko billegare med den ferja, seier dei. Men ein ting er dei litt i stuss over, og det er at ikkje denne ruta er meir kjend for folk i Møre og Romsdal. Dei fekk vite om det gjennom ein reportasje i Sunnmørsposten frå den dagen turistruta vart opna. Det er lite trafikk på fjorden, men straks vi rundar Lundaneset og tek til på Geirangerfjorden, blir det meir. Snart kjem ferja frå Hellesylt, og omvisarbåten Geirangerfjord. Når vi kjem så langt inn at vi ser Geiranger, ligg det tre cruisebåtar for anker og dei små båtane går i skyttel mellom dei og land. Bilferja Voksa klappar til ferjekaia med akterenden først. Mange av passasjerane er imponerte over skipper Sigurd Hovde som klarer å manøvrere og treffe kaia berre ved hjelp å sjå gjennom eit kamera han har framfor seg. På ferjekaia i Geiranger er det sett av ei fil til bilar som skal med ferja til Valldal, resten er for dei som skal til Hellesylt. Det blir ikkje lange liggetida i Geiranger, og berre ein bil kjem om bord. Det viser seg å vere fire ungdommar frå Estland. Guiden Elida tek straks hand om dei og fortel litt om kva dei vil få oppleve. Den andre guiden, Malin Dahlberg, er også med på denne turen, for å få litt opplæring til ho skal avløyse Elida på neste tur. Malin studerer russisk, og det blir straks god kontakt med dei nye turistane, ho får prøve seg litt i det framande språket. Dei fire ungdommane hadde funne fram til denne ruta på MRF sine internettsider. Men vart litt i tvil om dei hadde kome til rett stad då dei kom til Geiranger, fordi dei først berre såg skiltet med ferje til Hellesylt. Ein fordel med så få passasjerar er at det blir god kontakt, både mellom guiden og passasjerane, mellom passasjerane og også med mannskapet om bord. På veg utover Geirangerfjorden att kjem det nokre måsar som tydelegvis veit kva dei kan vente seg. Skipperen kjem ut med brødbitar, og måsane kjem heilt inntil og et frå handa hans eller snappar opp bitane når han kastar dei til dei. I styrehuset finn vi i tillegg til skipper Sigurd Hovde også matroslærling Frank Roger Johnsen. Matros Laila Skram Stokke stikk også oppom av og til. Ho og Tor Egil Lyngstad deler på å vere matros og kokk. Heile mannskapet er svært tilfreds med å gå denne ruta. Dette blir reine ferien, seier dei og meiner i forhold til å gå ruta mellom Hundeidvik og Festøy, som dei gjer elles i året. Dei jobbar ei veke og har ei veke fri. På veg utover gjer skipperen ein sving bortunder land overfor Robbervika. Det viser seg at på veg innover, då dei fleste var i gang med karding og spinning nede i salongen, hadde han gjennom kikkerten sett at havørna sat på reiret sitt. Det gjer ho no også. Alle passasjerane kjem til og får låne kikkert og sjå den stolte fuglen, som sit på reiret opp i ein tretopp

13 Onsdag 16. juli 2003 Side 13 Brudesløret er eitt av dei mange fl otte syna turen kan by på. Familien Bakken frå Vestnes ferierer i eige fylke, og synest turen mellom Valldal og Geiranger er ein ypparleg familietur. Frå venstre: far Odd Helge, Jenny, mor Janita, Marie og Ragnhild. Dei to guidane kjem lett i kontakt med turistane om bor i ferja. Her er det Skagefl å som er tema, ikkje minst den bratte stien opp.. Ferja legg til i Geiranger. Erlend Heggen (t.v.) og Fredrik Bjørklund Granås kosa seg på ferjetur frå Valldal til Geiranger. Sunniva Heggen og Jenny Bakken fekk god dreis på kardinga. På denne turen vart havørna på reiret ei oppleving for mange.

14 Onsdag 16. juli 2003 Side år med Dyrkornanleggene Fabrikkbygga på Dyrkorn var i drift heilt fram til i fjor. Barkeriet, til venstre i biletet, var den siste avdelinga som vart nedlagd. Heilt fram til juletider i fjor var to mann i sving her med å farge og tjære tau. I midten ser vi, der det ein gong budde opp mot 50 menneske. Strekken er i andre etasje i den langstrakte delen til venstre i biletet. Edith og John Parr tok til på Dyrkornanleggene då dei var 14 og 20 år gamle. Det første var heilt vanleg, det siste helst litt seint. I 1912 kjøpte fargar Anton Tolaas, smed Nils Heggen og mekanikar Knut Bjørnevik Dyrkornvassdraget for kroner, samt tomter og anna naudsynt grunn for kroner. Dei tenkte å setje opp ein ullvarefabrikk, men etter råd frå styraren på Stordal Handelslag, Elias Lunden, vart det ein fi skereiskapsfabrikk i staden. KENNETH STRØMSØY Det vart halde konstituerande generalforsamling i A/S Dyrkornanleggene 25. januar To dagar seinare vart den første kontormannen tilsett. Han stilte kroner i garanti for dei pengane han ville kassere inn for selskapet, og fekk ei månadsløn på 50 kroner. Det vart tinga fire franske maskinar for å produsere fiskegarn, medan snøremaskinane vart tinga frå Tyskland. Verdskrigen gjorde at leveringa av maskinane vart forseinka, og det året fabrikken var ferdigbygd, i 1914, kom berre ein garnmaskin på plass. Denne maskina vart nytta til opplæring, inntil drifta kom i gang i Produksjonen gjekk føre seg med både to og tre skift, og allereie i 1918 kom det opp ein ny fabrikkbygning. Denne var på tre etasjar, kvar på 500 rutemeter. Dermed var det totale fabrikkarealet på to mål. Det kom òg fleire maskinar til, og då verdskrigen slutta, var det 15 not- og garnmaskiner på fabrikken. Tente på krigen Krigen hadde ført til dramatisk auke i etterspurnaden etter fiskereiskap, og Dyrkornanleggene var ikkje i stand til å tene marknaden berre med eigenproduksjon. Derfor tok selskapet til med import av nøter og garn frå utlandet, og tente godt på det. I 1916 var dei totale utgiftene for A/S Dyrkornanleggene på kroner, medan overskotet var nærare 20 gonger høgare, kroner. Aksjeutbytet var ikkje på mindre enn 60 prosent. I 1920 var overskotet på kroner, men i 1921 var det ikkje større enn kroner, og for første gong måtte selskapet avskrive store beløp på uteståande fordringar. Den store nedgangen i fiskerinæringa hadde teke til. Eksporten og prisane stupte. Men trass i store tap på uteståande fordringar gjennom 20- og 30-åra, gjekk Dyrkornanleggene heile tida med overskot. Etter ein lengre periode med lite import, vart konkurransen frå japanarane for sterk. Tollbarrierane var låge, og den norske industrien hadde ikkje sjanse til å hamle opp med dei japanske prisane. Dyrkornanleggene var mellom dei mange som måtte ta til med import, men makta likevel å halde fram med ein viss produksjon. Fram mot andre verdskrigen samla det seg opp store mengder med hamp og bomull på fabrikken. Då krigen stoppa den japanske eksporten, hadde fabrikken godt med råstoff. Sidan rasjoneringa var ordna slik at dei som hadde handla mest før krigen, fekk dei største kvotane, fekk Dyrkornanleggene òg ein god del av det vesle råvarekvantumet som kom inn til landet gjennom krigsåra. Men det var ikkje meir råstoff å ta av enn at det knapt heldt til å halde reiskapane nokolunde ved like. Etterkrigstida Etter krigen var det meste av nøter og fiskereiskap aldeles i sunder, og måtte fornyast. Samstundes var det no smekkfullt av fisk på felt som hadde vore mesta nedfiska før krigen. Aktiviteten på anlegga gjekk til topps i etterkrigsåra. Det var godt over 100 tilsette på fabrikken, og innbyggjartalet på Dyrkorn passerte 200 med god margin, etter det Edith og John Parr kan hugse. Det var fleire fullpakka hybelhus. I eitt av husa på Nedre Dyrkorn, det som vert kalla Salen i dag, budde det truleg opp mot 50 menneske på det meste. Øvste høgda var for dei einslege, medan dei tre nedste høgdene var for familiar. I huset Ålund, på oppsida av hovudvegen, budde det opp mot 30 menneske på denne tida. Far til John Parr, Lauritz Parr, kom frå Hellesylt, og hadde treft Pia Gjerde, ei dyrkornjente som gjorde teneste på Blomberg. Då bygginga av Dyrkornanleggene tok til, var det ikkje å stusse på å slå seg ned i bygda, og han arbeidde heile livet på fabrikken. Sonen John tok til på anlegga i relativt mogen alder, som 20-åring i Edith Stennes, som han

15 Onsdag 16. juli 2003 Side 15 Bilete frå Strekken, der garna vart strekte så knutane skulle halde. Det var òg her garna vart bøtt og sett saman til større garn. Heilt til venstre i bilete står Lauritz Parr og bøter garn. Biletet er truleg frå ein gong på 20-talet, og fotografen er K. Vassbotn. seinare gifte seg med, var ikkje meir enn 14 år då fabrikken fanga ho inn tre år seinare. Men det var dette som var det vanlege: Etter folkeskulen bar det rett til Dyrkornanleggene. Edith Parr hugsar ho fekk 65 øre timen den første tida. Sjølv om ho stort sett gjorde same arbeidet som dei vaksne, gjekk det eit lønsskilje mellom dei som var under og dei som var over 18 år, på same måte som det gjer i somme yrke i dag. Ho minnest ho var fole glad den dagen ho fekk 3 kroner og 30 øre i timen. Men rett etter krigen hadde ikkje løna til ein vaksen mann krype meir enn så vidt over krona, til 1 krone og 6 øre, etter det John Parr kan hugse. Sjølv om arbeidstilhøva var gode og fri for stresset som pregar store deler av arbeidslivet i dag, var det mykje arbeid og låg løn, fortel Edith og John Parr. Det var ikkje akkordarbeid det var det umogleg å få, sjølv om ein ville, men det vart ofte kapping mellom dei ulike arbeidslaga om å verte første ferdig. Det gjorde arbeidet meir morosamt, men samstundes vart det tyngre. Fabrikken tente nok godt på denne tevlinga, trur dei. Kort etter krigen tok arbeidarane til å organisere seg, og løna gjorde eit solid hopp, samstundes som det vart innført fleire sosiale gode. Men organiseringa skjedde gjennom tekstilarbeidarforbundet, eit forbund som var spekka av lågtlønte kvinner, og lønene på fabrikken heldt seg relativt låge heile tida framover, fortel John Parr. Ekteparet fortel at dei hadde halvannan time med middagspause på denne tida, frå eitt til halv tre. Dei som budde på øvste garden, høgt oppe i Lia, skulle òg rekke heim og få i seg middag. For dei som budde lengre nede, vart det gjerne tid til ein middagslur før dei fòr ned att på fabrikken, der dei var til fem om ettermiddagen. Arbeidet tok til klokka sju om morgonen, og attåt den lange middagspausen, var det òg ein halvtime med lunsjpause. Då tok arbeidsfolket fram matspanna og kokte kaffi på fabrikkomnane. Den lange middagspausen vart seinare korta til ein time, og med tida forsvann han heilt. Oppgangen etter krigen heldt fram til 1956, då fisket etter vintersild klappa saman. Samstundes kom plaststoffet nylon og feia både hamp og bomull av bana som fiskereiskap. Fram til dette året hadde Dyrkornanleggene produsert liner av hamp, torskegarn av hamp og bomull og sildegarn og snurpenøter av bomull. Liner og garn vart impregnert med bjørketjære. Reiskapane måtte stort sett bytast ut kvart år. Men så kom plaststoffa. Dei rotna ikkje, dei tolte meir og var enklare å arbeide med. I løpet av ein til to sesongar vart hamp- og bomullsreiskapane totalt ukurante, og heile næringa måtte investere i nye liner og nøter, først og fremst for å vere med i kampen om arbeidarane. Dyrkornanleggene takla overgangen til plastreiskapar ganske greitt, men utan subsidieringa av dei nye plaststoffa frå 1959, ville omlegginga vore mykje hardare for heile fiskerinæringa, noko som òg ville ha råka A/S Dyrkornanleggene. Siste 30 år I 1972 tok Oddbjørg Skotte til på Dyrkornanleggene. Ho var 17 år, og seier ho ikkje minnest alle detaljane frå den gongen. Men det var eit greitt arbeid. Dagen tok til klokka halv åtte og varte til fem om ettermiddagen, så vidt ho hugsar. Lunsjen varte ein halvtime, og den lange middagspausen var heilt borte. Ein god del av arbeidet hadde vorte automatisert, og det var no kring 20 tilsette på fabrikken. Framover vart arbeidet meir og meir automatisert, og arbeidsstokken gradvis redusert ned til kring 10 menneske. Oddbjørg Skotte har vore borti dei fleste arbeidsoppgåvene på fabrikken, og heldt i hop med Dyrkornanleggene heilt fram til ho vart med på flyttelasset til Ålesund i fjor vår. Ho tykkjer det er vemodig at anlegget på Dyrkorn vart lagt ned, men slik ting utvikla seg, meiner ho det ikkje var noko anna løysing. Men om ein del ting hadde vore gjort annleis dei siste tretti åra, ser ho ikkje bort frå at det framleis kunne vore liv på fabrikken på Dyrkorn. Garnproduksjonen tok slutt i andre helvta av 80-talet, men det vart montert garn heilt fram til Garna kom frå Asia, først og fremst frå Japan, fortel Skotte. Lineproduksjonen heldt stand fram til mai i fjor, då verksemda vart flytt til Ålesund. Barkinga farging og tjæring tok slutt rett før nyåret. Då gjekk dei siste to arbeidarane ut fabrikkporten på Dyrkorn. I framtida vert det truleg smoltoppdrett som held liv i den gamle fabrikken.

16 Onsdag 16. juli 2003 Side 16 Svanhild Johansen. Trufaste eidsdalsvener <tit>trufaste eidsdalsvener <ing>- No har vi funne verdas beste fiskeplass til dykk, sa nevøen til mannen min. Så drog vi hit den sommaren, og sidan har vi vore her. <byl>ingrun Myklebust <txt>det er Svanhild Johansen som fortel, og den første turen til Eidsdal tok dei for 42 år sidan. Verdas beste fiskeplass fann familien ved Eidsvatnet. - Vatnet fanga mannen min med ein gong. Eg vart fengsla av omgjevnadene, erindrar Svanhild. I dag er den 88 år spreke oslo-dama på plass ved vatnet saman med sonen Tom og svigerdotter Britt Karin. Dei bur i landlege omgjevnader på Kjelsås utanfor Oslo, men eit ferieparadis som kan måle seg med Eide har dei ikkje funne. Så derfor kjem dei tilbake kvar sommar, og blir rekna for å vere eit like sikkert vårteikn som trekkfuglane. For Svanhild er det heilt nødvendig å få med seg den årlege jonsokfeiringa på bedehuset. - Eg må på bedehuset og spise rømmegraut og ta lodd, og så har dei allverdens beste kaker der, smiler ho. Dette året er likevel ikkje som andre år, for Svora Camping, der dei har kampert sidan dei kom første gongen, er lagt ned. Dei har fått leige ei hytte like ved, men utsikta er ikkje den same, vide

17 Onsdag 16. juli 2003 Side 17 Britt Karin, Tom og Svanhild Johansen saman med hundane, som begge stammar frå Eide. leggjast ut til hytter. Men for Tom blir ei hytte noko ein må halde ved like, når han er på ferie vil han gjerne fiske. Og fisk har det blitt, opp gjennom åra. Då faren Kåre Johansen levde, fekk dei to karane 980 aurar på ein sommar, alt fiska frå land. Det er ikkje rart at vi kjem att, ler Tom. Eidsdal har blitt den andre heimstaden for familien Johansen. Dei kjenner naturen og folket og set pris på lynnet til dei fastbuande, som er forskjellig frå travle Oslo. Tom fortel om hyggeleg kontakt med butikkbetjeninga på handelslaget, og med naboar på traktor som stoppar for å høyre korleis det går med fisket. Vi har vore med på alt som har blitt arrangert her, nemner Tom, og hugsar med latter ein gong for 15 år sidan då all grillmaten etter ein turmarsj blei brend. Grunnen var at to tsjekkiske jenter bada nakne i vatnet, noko som var nok til å forstyrre dei to mannlege grillkokkane... Dei mangeårige turistane har registrert at det vert satsa på turisme og hyttebygging i området. Dei håper likevel at området kan forbli ei urøyvd naturperle. Tor Johansen står på staden der campingvogna hadde fast plass på Svora.

18 Onsdag 16. juli 2003 Side 18 Kulturprogrammet er støtta av: Ekko konsert Olsok, tysdag, 29. juli i Prestestova: Frå sneppert og iglekopp til datarøntgen Helsestellet i Noreg 400 år utstilling Opning av utstillinga kl Ope mellom kl. 11 og 16 kvar dag frå 30. juli til 5. august Løsetstova kl (etter olsokgudstenesta) Vår dramatiske fortid Ein litteraturkveld med Astor Furseth Billettar litteraturkvelden: Vaksne kr.100,- honnør/barn kr 50,- familie kr. 200,- GODT UTVAL I BYGGEVARER! Besøk vår butikk, vi har ope i heile sommar. Hus Hytter Garasje Eit ubeskriveleg podium for ein framifrå konsert! Med lokal jazz-komponist og musikar. Ole Jørn Myklebust, Daniel Herskedal og Ronny Andreassen. Søndag 3. august kl på «STIEN» ved Kilsti. Buss frå Eidsdal ferjekai kl Vaksne kr 150,- Born år kr 75,- Sal av mat og forfriskingar. Høve til å gå vidare opp på Blåhornet. TLF VALLDAL - FAKS E-post: valldal.hoevleri@c2i.net Helseog velværeklinikken i Valldal sentrum Kinesio- massasjeterapeut Renata Ytterli Lymfedrenasje Antistressterapi med eteriske oljer og fargelys Medisinsk massasje Grønn leirebehandling Parafi nbehandling Bløtdelsbehandling Instruksjon i øvelser Gåvekort Ring og bestill. Fleksibel opningstid. Tlf Mobil: STOPP i Valldal laurdag 26. juli Olsokprogram Kl : Kl Kl Kl Kl Kl Kl Kl Kl Kl Kl Kl Jordbærdilten Opning v/ordføraren Skulekorpset spelar Kort presentasjon av laga på rullleskistafetten v/einar Lund Rulleskistafett Premiedryss Musikk v/eva Peggy Stensønes Kåseri v/arild Hoksnes Lynlotteri trekking av Olsoklotteriet Danseframsyning v/jenter frå Eidsdal Musikk v/stian Omenås Band Barnetimen Karateoppvising v/valldal karateklubb Konsert i Sylte kyrkje Progmamleiar: Arild Hoksnes Rulleskistafett med m.a. Marit Roaldseth og Håvard Bjerkeli NORDDAL KOMMUNE Vi har et godt utvalg i sommerklær! Stikk innom vår butikk i Syltegata! K L Æ R 6210 Valldal Tlf./Faks DAME HERRE BARN Er du klar for ferie? Mørekort VISA Møre Reservekort VISA Møre VISA Gold Velkomen til ei unik kulturoppleving! Fjordfolket si historie slik du ikkje har opplevd ho før. Gallerikafé med utstilling av Terje Fagermo. Gode familieprisar! Tlf

19 Onsdag 16. juli 2003 Side 19 Annonsar

20 Geitebonde i ein avkrok Geitene på veg frå beite til mjølking. Øystein Kaldhusdal vernar om kultur høgt oppe i Tafjord. Gamleenden på våningshuset er fl eire hundre år gammalt. To gongar om dagen mjølkar Øystein og kona Eli geitene. Høgt oppe i Tafjord, mellom bratte fjell, går geitene til Øystein Kaldhusdal. Som dei har gjort i fl eire generasjonar. Men Øystein vil ikkje tilrå neste generasjon å ta over. THOMAS REM BERDAL Det er ikkje samsvar mellom arbeidsinnsatsen og det ein får att økonomisk, seier geitebonden på garden Kaldhusdal, 350 meter over havet og 5,5 kilometer frå Tafjord sentrum. Han driv gardsbruk i ein avkrok, og er redd at fleire hundre år med gardsdrift kan gå mot slutten. Dersom nokon av borna mine ønskjer å ta over, er det gledeleg. Dei må få gjere som dei vil. Men eg vil ikkje tilrå dei å drive her. Det er lange arbeidsdagar, og løn og fritid vert det lite av. Eg har opplevd ei negativ utvikling innan landbruket på dei 35 åra eg har drive garden, fortel han. Øystein tok over gardsdrifta i Då slutta han med kyr og begynte einsidig med geit. I dag har han 72 mjølkegeit og ei kvote på liter. Færre folk og dyr Då eg tok over, var det som ei blomstringstid for gardsdrift. Nye maskiner gjorde gardsarbeidet lettare. Men hadde eg den gong visst utsiktene for landbruket og bygda, hadde eg ikkje teke over. Det er trist å sjå at det går nord og ned med landbruket, seier han. Geit passar godt på garden. Fjella rundt stikk vel 1800 meter opp i veret og dyra klatrar etter dei grønaste tustene i dei skumlaste skorene. Men Øystein er skeptisk til kor lenge meieriet vil køyre så avsides for å hente geitemjølka. Eg var berre 15 år då eg begynte med dette. Den gongen var det 14 gardar med dyr i Tafjord. Tolv leverte til meieriet. I dag er det berre seks gardsbruk att i drift. Berre to av oss leverer til meieriet. Eg er yngst i ein søskenflokk på fem, far min hadde ni søsken og i nabotunet var dei sju søsken. På nabogarden Kaldhussæter var dei ti. I generasjonen før meg var det rundt 30 ungar her oppe. Folketalet har gått kraftig ned på få år, i takt med utviklinga i landbruket. Gardane fell vekk. Samhaldet er ikkje lenger det same og atmosfæra i heile bygda er annsleis, seier han. Vernar om kultur - Sjølv om heller ikkje eg vart tilrådd å drive garden vidare, hadde eg lyst til å ta over. Eg var oppvaksen på garden og kjende naturen og korleis tilhøva låg til rette, fortel han. Moderniseringar og investeringar i ny løe var naudsynt. Gamleenden i bustadhuset han og kona Eli bur i, er fleire hundre år gamalt og verna av Fylkeskonservatoren. Det er difor mykje kultur og kulturlandskap Øystein vernar om høgt oppe i Tafjord. Sjølv er Øystein 60 år, og har ikkje begynt å tenkje på avvikling enno. Men utvidingar vert det ikkje, forsikrar han. Han håper sjølvsagt at det vert drift på garden også i framtida, på ein eller annan måte. Det er lange tradisjonar å halde i hevd. Tida får vise kva type drift det blir. Skepsis Turisme og energiutvinning har blitt viktigare næringar enn landbruket i Tafjord. Men Øystein er ikkje udelt positivt til denne utviklinga. Han er noko skeptisk til dei nyaste planane med galleribjelke og hotell på demninga. Dersom det er meininga å satse på heilårsturisme, trur eg ikkje planleggarane har sett ein skikkeleg vinter her oppe. Kun sommarsatsing vert for sesongbetont til å få lønsemd, er eg redd, seier Øystein. Han veit kva han snakkar om når det gjeld vintrane. Han har målt 2,10 meter snø på det meste på garden sin. Også kraftutvinninga kunne bygda hatt meir til gode av meiner han. Kommunen gjorde ein stor tabbe då dei let administrasjonen til Tafjord Kraft flytte ut til byen. Det har ført til avfolking i Tafjord og tap av skattekroner for kommunen. Eigen herre Ja, sjølvsagt er garden ein avkrok. Men samtidig har ein stort sjølvstende som gardbrukar her oppe. Eg er min eigen herre, og slepp og ta omsyn til så mange naboar, skjemtar Øystein. Geitene inviterer ofte til utfordrande fjellturar. Klimaet er godt for både folk og fe, og naturen er idyllisk her høgt oppe ved inngangsporten til Tafjordfjella. Livet kan vere godt på ein geitegard. Det veit Øystein alt om. Likevel er han noko uroa for framtida. Mange av dei unge i dag kjenner gardsdrift kun frå feriar. Som gardbrukar veit ein at dette ikkje er nokon ferie. Som bonde er du temmeleg bunden, oppsummerer han.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo Ein farleg klatretur Døveskolernes Materialelaboratorium, 1994 2. udgave 1. oplag Forfatter: H. P. Rismark Illustrationer: Henrik Taarnby Thomsen Tilrettelægging, layout, dtp, repro og tryk: Døveskolernes

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

OK, seier Hilde og låser.

OK, seier Hilde og låser. 4 Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg. Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

MEDLEMSINFO. august 2009

MEDLEMSINFO. august 2009 MEDLEMSINFO august 2009 No er ferien over! Sidan siste medlemsinfo har vi slett ikkje hatt ferie. Denne sommaren har vore veldig aktiv. Tusen takk til alle dokke som har stått på i sommar!! Det har vore

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter. RAPPORT FRÅ STRANDEBARM SKULE TYSDAG 18/10-05 Gruppa vart delt i 3. Det me skulle gjera i dag var: gjera klar grønsaker til marknad, stell i fjøset og steike pannekaker på stormkjøkken. Poteter og gulrøter

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok. Å BINDE SAMAN SETNINGAR 1 Kva ordklasse høyrer dei utheva orda til? Då eg var i London, besøkte eg tanta mi. Ein hund beit Leo. Derfor er han redd hundar. Arne går på spanskkurs, for han vil lære spansk.

Detaljer

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk av Martine Grande Berte og Iver og månen Nynorsksenteret Berte Iver likar godt å leike med Berte, for ho finn på så mykje morosamt, og så er ho så modig. Det er kjekt å reise på oppdagingsferd i lag med

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse KOMPETANSEMÅL Generelt om naturfag: Kunnskap om, forståelse av og opplevelser i naturen kan fremme viljen til å verne om naturressursene, bevare

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Straumen går Vatnet kom som regn frå skyene det kom inn frå havet i tunge mørke skyer dei drog seg lågt inn over kysten og lét dropane falle det

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

M/S NYBAKK SI HISTORIE

M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S Nybakk vart bygd på Vaagland Båtbyggeri, rett nord for Kristiansund N, i 1961. Nybygget vart tildelt kallesignalet JXPH då kjølen vart strekt. Bueland Det var brødrene Jakob,

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Spørjeundersøking om sentrumsområde Spørjeundersøking om sentrumsområde Befolkningsundersøking i Hordaland 2013 AUD-rapport nr. 1 2013 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå, og i samarbeid med Planseksjonen i Hordaland

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 Då ungdomsskulebussen stoppa i Straumøykrysset kom 3. og 4. klasse veltande ut av bussen, klar til ein ny dag på Straumøy Gard. Marta, Marie og Janna var

Detaljer

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAVDELINGA RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN I SAMARBEID MED FLORA HISTORIELAG FLORA KOMMUNE Torleif Reksten og Hermod Seim ved skiltet på rutekaia.

Detaljer

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13. Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre Laurdag 13. juni 2009 DEVOLD NIBBERITTET 0-1500 meter over havet For fyrste gong vert

Detaljer

6-åringar på skuleveg

6-åringar på skuleveg 6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel

Detaljer

Med tre spesialitetar i kofferten

Med tre spesialitetar i kofferten Med tre spesialitetar i kofferten Av Eli Gunnvor Grønsdal Doktor Dorota Malgorzata Wojcik nøgde seg ikkje med å vere spesialist i eitt fag. Ho tok like godt tre. No brukar ho kunnskapen sin, ikkje berre

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att. Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Sørigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei og hå! I månaden som er gått har vi leika oss ute i snøen, så nær som kvar dag. Vi sila i bakkane og mala på snøen

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing Jon Fosse Olavs draumar Forteljing Det Norske Samlaget 2012 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8123-4 Om denne boka Alida og Asle kom i Andvake til

Detaljer

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll Etablere felles standard innan service og kundehandsaming i Askvoll Guiden tek for seg grunnleggande og enkle reglar - enkelte vil hevde at

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen Det var ein gong ein liten geitekilling som hadde lært å telje til ti. Da han kom til ein vasspytt, stod han lenge og såg på spegelbiletet sitt i vatnet,

Detaljer

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad Først i denne delen om Giske OS står skrive om korleis vi bygde stasjonsbygninga. Der står nemnt at vi rekna med

Detaljer

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei

Detaljer

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Styret har vore samansett slik i 2012 : Årsmelding for Volda Dykkerklubb 2012 Styret har vore samansett slik i 2012 : Formann : Roar Gjerde ( ikkje på val, 1 år att) Nestformann : Alf Henning Ervik ( på val 2013) Kasserar/IT ansvarleg : Rolf

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Med god informasjon i bagasjen

Med god informasjon i bagasjen Evaluering av pasientinformasjon Med god informasjon i bagasjen Johan Barstad Lærings og meistringssenteret Helse Sunnmøre HF SAMAN om OPP Hotell Britannia, Trondheim 18. Februar 2010 Sunnmørsposten, 08.02.10

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Austigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei alle sammen! Plassebakken Barnehage BA I januar har vi nytta oss av det fine veret å vøre mykje ute! Sjølv om det

Detaljer

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg FORELDREHEFTE 6-åringar på skuleveg G J W Sjå til begge sider - og framover! Før vi kryssar vegen skal vi sjå til begge sider. Det veit både born og foreldre. Trafikkopplæring handlar likevel om meir enn

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

FANTASTISK FORTELJING

FANTASTISK FORTELJING FANTASTISK FORTELJING Leiken går ut på at alle som er med, diktar ei fantastisk forteljing. Ein av deltakarane byrjar på ein historie, men stoppar etter ei stund og let nestemann halde fram. Slik går det

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND DEL 1 1 Så lenge ingen såg meg, fekk eg vera i fred. Mamma likte ikkje at eg forstyrra når ho hadde besøk. Ho hysja og bad meg stikka av. Av og til kom det folk eg

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

Juvet Landskapshotell

Juvet Landskapshotell ei norsk oppleving Juvet Landskapshotell I tunet Burtigard på Alstad i Norddal kommune blir det etablert ei reiselivsbedrift utanom det vanlege; eit landskapshotell som tilbyr eit kortferiekonsept basert

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

Sommartur til Sverige,

Sommartur til Sverige, Sommartur til Sverige, 7 dagarstur med avreise 30. juni 2015, Storby, «glasriket» i Småland og grensehandel På denne turen skal vi i tillegg til Stockholm og Gøteborg, mellom anna innom salmediktaren Lina

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Setring ved Håbakkselet Hareid

Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet. Erling Hovlid og Einar Jacobsen Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet Steinar Hovlid (f. 1926) fortel til Leif Arne Grimstad om Håbakkselet i Vikebladet/Vestposten laurdag 22. desember

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Notat om historie og kulturlandskap

Notat om historie og kulturlandskap Notat om historie og kulturlandskap på del av g.nr. 40, br.nr. 1 og 13 Hauge i Kvinnherad planlagt regulert til bustadføremål. Tunet 2012 Hatlestrand november 2012 Karin Rabben Vangdal og Svein-Åge Vangdal

Detaljer

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss! Dette heftet er ei samling av ulik informasjon som me håper kan være grei for deg når du skal vær

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Ei gruppe elevar gjennomførte eit prosjekt om energibruk og miljøpåverknad. Som ei avslutning på prosjektet skulle dei skrive lesarbrev

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK NYNORSK 1 Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. DETTE ER BOKA TIL Her kan de lime

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer