Årsrapport Innleiing. Forvaltning

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Årsrapport 2010. Innleiing. Forvaltning"

Transkript

1 Årsrapport

2 Årsrapport 2010 Innleiing Bevaringstenestene har hatt hovudfokus på digitaliseringsprosess og ordinær innflytting i Fellesmagasinet for musea i Hordaland. Av dei ni konsoliderte musea har seks samarbeidd med Bevaringstenestene i flytteprosjektet i år. Samla er det i løpet av året plassert gjenstandar i Fellesmagasinet og Arbeidsmagasinet. Det har også vore stor aktivitet knytt til eksterne kundar. Det største oppdraget frå musea kom frå Kunstmuseene i Bergen Museet Lysøen i samband med Ole Bull jubileet. I samarbeid med Universitetet i Bergen Bergen museum, arrangerte Bevaringstenestene eit fagseminar med tittel Fagdag om Mugg, angrep og motangrep. Det var stor interesse for seminaret med over 80 deltakarar frå ulike kantar av landet. Forvaltning Samlingsforvaltning Hovudarbeidsområdet ved Bevaringstenestene er knytt til samlingsforvaltning. Den store oppgåva med digitalisering og innflytting i Fellesmagasinet vert utført i tett samarbeid med dei ulike konsoliderte musea, og i år har seks ulike delteke i prosessen. Det er musea sjølve som gjer utval av gjenstandar etter føresetnaden eineståande i regional og nasjonal interesse. Det er eit tidkrevjande arbeid som vert utførd. To av musea har sett seg som mål at dei til ei kvar tid vil ha gjenstandar som er klare til innflytting. Det kjem tydeleg fram av oversynet for innflyttinga kva museum som prioriterer denne typen arbeid og som har ressursar til å følgje opp. Det er også dermed dei som dreg størst nytte av det kostnadsfrie tilbodet Bevaringstenestene gjev. Det syner seg stort sett at det er dei musea som har hatt nært samarbeid med det tidlegare Tekstilatelieret som er mest aktive. Dei har nytt godt av overlevering av kunnskap knytt til førebyggjande konservering over mange år. Det er derfor viktig at musea som ikkje har hatt denne kontakten blir følgt opp. Bevaringstenestene skal tene alle dei konsoliderte musea i Hordaland. Bevaringstenestene har i 2010 også vore til stor hjelp i registreringsarbeidet i Primus for musea som ikkje har makta å gjere si eiga oppgåve i innflyttingsprosessen. Bevaringstenestene var på synfaring til eitt av dei konsoliderte musea som enno ikkje har 2

3 delteke i denne felles prosessen. Vi såg på magasin og gav råd for å stimulere til å ta i bruk det fantastiske tilbodet som har opna seg etter at Fellesmagasinet har blitt teke i bruk, og ein kan utføre digitaliseringsprosessen i nært samarbeid. To av dei konsoliderte musea ønskjer ikkje tilgang til Fellesmagasinet i år, men vil ha moglegheit for tilgang i I 2010 har det i løpet av året totalt kome inn gjenstandar til Bevaringstenestene frå dei seks musea av desse er ferdig digitalisert og magasinert og fått fast plass i Fellesmagasinet. Registrering i Primus-databasen og nyttige faglige diskusjonar Fram til no har det vore først til mølla prinsippet. Truleg er det trong for å sjå på tildelinga ettersom fleire av musea er komne godt i gang med klargjering for innflytting. Det har vist seg at arbeidet for musea er meir tidkrevjande enn først tenkt. Erfaring viser at musea knapt klarer å levere så mange gjenstandar som først vart avtalt. Dette får innverknad på framdrift i vårt arbeid. Institusjon Innflytting 2009 Pilotprosjekt Innflytting 2010 Fast plassering Arbeids magasin Samla tal gjenstandar i Fellesmagasinet Bymuseet i Bergen Hardanger og Voss museum Kunstmuseene i Bergen Museum Vest Museumssenteret i Hordaland Sunnhordland museum Bergen Sjøfartsmuseum Baroniet i Rosendal Norsk Vasskraft og Industristadmuseum Tal på gjenstandar

4 Det kan elles nemnast at det er teke nærare foto som er klargjorte og systematiserte. Fotostudioet har fått betre utstyr, men enno manglar det noko. Musea får foto på CD og må sjølve leggja dei inn i Primus. Både kvalitets- og kvantitetsmessig har vi sett at det er viktig å ha ein fotograf med i teamet. Det har gjeve oss moglegheit til å etablere ein fotobank med originalopptak i RAW-format som musea kan nytte seg av i ettertid; organisert etter museumsnamn og gjenstandsnummer. Digitaliseringsprosess; registrering, tilstandsvurdering og foto I 2010 har det vore halde kurs knytt til innflyttingsprosessen for Museum Vest og for Sunnhordland museum. Museumssenteret i Hordaland har fått repetisjon av kurset fordi det nå er nye medarbeidarar som vil delta i flytteprosessen. Økonomi knytt til revita- prosessen For å effektivisere arbeidet knytt til prosessen, har vår gjenstandskonservator delteke på eit studieopphald på tre dagar ved Vestfold museene KomMa, som er særs effektive i innflyttingsprosessen. Etter det vart målet for tal på gjenstandar inn i Fellesmagasinet monaleg auka. I pilotprosjektet i 2009 var snittalet på 143 gjenstandar pr månad, i den ordinære innflytting i 2010 er snittalet på 240 gjenstandar pr aktiv månad. Innflyttingsprosjektet har i 2010 kosta kr til forbruk av pakkemateriell og nødvendig utstyr. Musea har refundert eige forbruksmateriell med kr Bevaringstenestene har stilt til disposisjon 4,5 stillingsheimlar til prosessen; noko meir i haustsemesteret: 1 koordinator, 1 gjenstandskonservator, 1 tekstilkonservator, 1 fotograf og 1 etnolog. Kostnadene til løn til personell i Revita- prosessen utgjer omtrentleg kr Anna Det er rutine med kontroll i Bevaringstenestene sine lokale med omsyn til skadeinsekt. Det er sett ut feller og vår driftsleiar har fått innføring i skadedyrkontroll. Han vert meir og meir involvert i førebyggjande tiltak ved avdelinga. Han gjev også rapportar med omsyn til klima i magasina. Bevaringstenestene har hatt ei sentral rolle i ei arbeidsgruppe med representantar frå 4

5 musea. Gruppa hadde i oppgåve å utarbeide ein felles mal for registrering i Primus Hordaland. Registreringsmalen er like om hjørnet ved utgang av året. Bevaringstenestene vart av ABM-u bedt om å delta i eit utval i samband med utarbeiding av kravspesifikasjon til konserveringsmodul i Primus. Utvalet leverte rapport ved utgang av året. Til no har Hordaland fylkeskommune leigd serverplass for Primus-Hordaland databasen hos Sogn og fjordane fylkeskommune. Dei har sagt opp avtalen frå årsskiftet, og det er å håpe at ny avtale med KulturIT kjem på plass før Sikring Bevaringstenestene har følgt opp tiltak i Sikringsplanen ved at det no er kome på plass ny ytterdør, og det er utført ulike andre naudsynte tiltak. Det er innarbeid gode rutinar hos dei tilsette. Bygg Enno er det garantiperiode for Byggesteg II, og mage reklamasjonar står ugjort. Det er eit kontinuerleg press frå Bevaringstenestene på byggherre og utførande for å få gjennomførd tiltak på dei ulike manglane. Mellom anna var sjøvasslynga skada, noko som har ført til høgt oljeforbruk. I haust kom det på plass to banner med Bevaringstenestene sin logo på utsida av 1913 bygget. Dette var første steg i eit forsøk på å verte meir synleg. Bygg, nå med banner Bygga tilhøyrande Bevaringstenestene er total renovert, og arbeidet vart sluttført i Det er derfor minimalt med ytre vedlikehald enno. Konserveringsoppdrag frå musea I samband med Ole Bull jubileet vart det gjeve ei ekstraløyving til Kunstmuseene i Bergen - Museet Lysøen. Det gav rom for at ein del av interiørtekstilane kunne konserverast. I alt var det 8 tekstilar som vart handsama ved Tekstilatelieret ved Bevaringstenestene. 5

6 Tekstilar frå Museet Lysøen Sunnhordland museum: konservert ein dåpskjole (SF 8572) og ei hakekorsfane (SF ) frå Osternes festning - Fitjar. Hardanger og Voss museum: konservert eit svart silketørkle (HFU 17199) Bymuseet i Bergen Gamle Bergen museum: konservert eit Bordklede/Wienersjal (GB 1859) Bymuseet i Bergen Hordamuseet, i samband med ei utstilling vart seks innlånte skulpturar reinsa og konserverte. Bordklede Silketørkle Sløyfe Kunstmuseene i Bergen Troldhaugen: konservert ei sløyfe med metallfrynser. Sløyfa var i særs dårleg stand. Kunstmuseene i Bergen Vestlandske Kunstindustrimuseum: Synfaring for å gi råd om omorganisering i glasmagasinet. Museumssenteret i Hordaland Vestnorsk utvandrarsenter: konservert ei fane 6

7 Fane VUS Glatting av stakk i fuktkammer Falma av lyset i utstilling Museum Vest: ein del knivar vart reinsa før magasinering. Hardanger og Voss museum - Bu, synfaring med råd og rettleiing knytt til førebyggjande konservering for gjenstandssamling der. Det er levert rapport med foto. Hardanger og Voss museum Kvam Bygdetun: ein brurestakk er handsama ved flekkfjerning og utglatting. Eksterne oppdrag Tekstilatelieret Det har vore gjennomførd synfaring til ulike kulturinstitusjonar: Statsbygg Vest - Gamlehaugen for å sjå på forholda knytt til oppbevaring av tekstilar. Leangen Gård i Trondheim - vasskade på to golvteppe. Levert rapport og kalkyle. Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider vurdering av forhold knytt til utstilling av Kroningskappen. Levert rapport og kalkyle. Sunnfjord Museum - tilhøve for tekstilsamlingane, råd og rettleiing knytt til førebyggjande konservering. Levert rapport. Samstundes heldt vi foredrag på temakveld om korleis stelle og ta vare på tekstilane. Baroniet i Rosendal tekstiltapet, vurdering og kalkyle i samråd med NIKU Det er utført konservering av fleire kyrkjetekstilar: Holter kyrkje messehagel Venabygd kyrkje messehagel Fana kyrkje - biletteppe Uvdal stavkyrkje messehagel 1786 Urnes stavkyrkje - alterduk Kongsberg kyrkje samling kyrkjetekstilar; konservering påbegynt 7

8 Biletteppe Fana kyrkje Kongsberg kyrkje, antependium Konservering av andre tekstilar: Privat kunde fane Privateigd fane Konstruksjon av utstillingsgine for kappe Tekstilatelieret fekk oppdraget med å byggje ny utstillingsfigur til Kroningskappen frå NDR. Dette medførte også demontering og remontering av kappen i Trondheim. Rapport levert. Det har vore utførd monteringsarbeid av ferdig konserverte tekstilar: Bergen kommune- seksjon for kunst og kultur biletteppe Vår av Synnøve Anker Aurdal Folkets hus AS fane frå Haandværkssvendenes Forening Kulturhistorisk atelier I samband med restaureringsarbeidet i Mariakyrkja, vart 11 lysekroner demonterte, merkte og pakka; samt eit kyrkjeskip. Rapport levert. Byantikvaren konservering av ei kiste. Rapport levert. Helgeland museum konservering av ei skinnbukse. Krohnstad Hovedgård konservering av ei lysekrone. Voss ungdomslag - konservering av fleire gipsrelieff. 8

9 Lysekrone Krohnstad Nedpakking av kyrkjeskip Konservering av skinnbukse Samla har dei eksterne oppdraga gjeve ei inntekt på om lag kr Forsking og kunnskapsutvikling Fagleg oppdatering Dei tilsette har fått fagleg påfyll ved deltaking på: Seminar: Fagdag om Mugg - angrep og motangrep: Deltakarar: 8 tilsette Studieopphald i 3 dager ved KomMa Vestfold museene: Deltakar: Anne Studietur til Skottland. Deltakarar: Anne, Roy, Inger, samt 4 prosjekttilsette Studietur til Skotland Seminar i regi av KEP -DK: Skadefri skadedyrsbekæmpelse. Deltakar: Inger Raknes Pedersen Elektroniske arkiv bevaring og tilgjengeliggjøring. Deltakar: Arild Knutsen Kurs i regi av KulturIT: Primus-vidaregåande. Deltakar: Arild Knutsen Brannvernleiar kurs. Deltakar: Roy H. Eriksen Sikringskurs i regi av ABM-u: Deltakarar: Anne Bjørke, Arild Knutsen Fotokurs for alle tilsette ved Bevaringstenestene ved Øyvind Johnsen Seminar om leiing i regi av Arsana. Deltakar: Inger Raknes Pedersen Seminar: Low energy efficient museum buildings. Deltakar: Anne Bjørke Seminar nasjonalt nettverk Magasin og Bevaring: Utforming av magasinbygg Deltakar: Inger Raknes Pedersen Studietur til Stockholm i regi av Hordaland Museumslag. Deltakarar: Heidi Seilfaldet, Anne Bjørke Seminar i regi av KEP-DK: Lys i musea. Deltakarar: Roy H. Eriksen, Arild Knutsen, Inger Raknes Pedersen 9

10 Formidling I år gjekk Bevaringstenestene saman med UiB Bergen Museum om å arrangere seminaret Fagdag om mugg angrep og motangrep. Det vart da mogleg å tilby seminaret til dei konsoliderte musea og andre interesserte på landsbasis. Over 80 deltakarar frå både musea, arkiv og bibliotek melde si interesse. Det har vore mange positive tilbakemeldingar etter seminaret. Det er stor trong for kunnskap på området både med omsyn til samlingane og ikkje minst til dei som dagleg arbeider i miljø som kan gje helseskade. Frå seminaret 8. januar 2010; Fagdag om mugg angrep og motangrep Bevaringstenestene heldt open dag 24.oktpber i samband med Kulturfest Åsane, med 41 besøkande. Det vart pressedekking i Åsane Tidende. Dette var første gong vi opna dørene for ålmenta, og vi hadde lagt opp eit variert program. Det starta med omvising og orientering om drifta. Ateliera var opne og ein kunne sjå konservatorane i arbeid. Det var også tilbod om råd frå konservatorane knytt til eigne gjenstandar. Det var god respons på foredraget om konservering på dei historiske feltstasjonane etter Scott og Shakleton sine ekspedisjonar i Antarktis. Det er viktig å formidle denne sida av museumsarbeidet som er knytt til bevaring av samlingane. BEV på stand i Åsane senter Open dag ved Bevaringstenestene 24.oktober Det nasjonale nettverk for Magasin og Bevaring arrangerte seminar i Trondheim med tema Utforming av magasinbygg. Avdelingsleiar presenterte foredraget Ferske erfaringar frå eit byggeprosjekt ; om Bevaringstenestene sitt anlegg i Salhus. 10

11 Bevaringstenestene har halde kurs over to dagar om bevaring og stell av tekstilar for interesserte i Nordhordland i regi av Kulturverntenesta. Kurset var knytt til teori og praktiske oppgåver. Kurs i stell og bevaring av tekstilar Bevaringstenestene har i 2010 halde kurs for tre av musea knytt til innflyttingsprosessen. Det har vore omvisingar i lokala til Bevaringstenestene. Andre museum synest det er interessant å høyre og sjå korleis magasina og konserveringsateliera fungerer. Mellom anna har det vore studiebesøk frå Astra Museum - Romania Besøk frå Astra Museum Romania Vestnorsk Kulturakademi bad om ei innføring i prinsipp og metodar knytt til tekstilkonservering for ei gruppe studentar. Vi heldt foredrag om førebyggjande konservering og viste fram metodar under omvising i ateliera. NRK Radio har gjort opptak ved Bevaringstenestene under vandring gjennom dei forskjellige ateliera. Opptaka skal sendast som små appetittvekkarar. Ny Fagdag 2011 er under planlegging i samarbeid med Bergen Museum. Samla tal på besøkande i løpet av året er 115 personar. Bevaringstenestene tek i mot grupper på bestilling. 11

12 Fornying Styrkt samfunnsrolle Bevaringstenestene ser moglegheit til å kunne bidra til samfunnet med kunnskap om samlingsforvaltning. På sikt kan publikum få omvising i ateliera og eit tilrettelagd magasin. For interesserte ligg det tilbod om kurs i førebyggjande konservering på vår heimeside. Museumsfaglege planar For å kunne formidle kunnskap om bevaring og om pågåande arbeid ved ateliera vil vi utvikle heimesida vår. I tillegg ønskjer vi å sette opp eie utstilling som viser fagområdet vårt som er lite synleg utåt. Bevaringstenestene har delteke på møte knytt til utvikling av Formidlingsplan og Samlingsforvaltningsplan ved Museumssenteret i Hordaland. Sikringsplanen har vorte rullert og tiltak er utført. Enno gjenstår det element som må utbetrast når økonomien gjev rom for det. Bevaringstenestene vil og ta tak i arbeidet med ein Evakueringsplan. Generell informasjon Nasjonale nettverk Bevaringstenestene deltek i det nasjonale nettverket for Magasin og Bevaring, og er representert i arbeidsutvalet der. Personale To av våre faste tilsette er og har vore ute i fødselspermisjon i delar av året. Følgjande har vore tilsett i 2010: Avdelingsleiar: Inger Raknes Pedersen 100% Tekstilkonservator Friederike Kunze, perm og frå % 4 mnd Atelierleiar/Gjenstandskonservator Anne Bjørke 100% Museumskoordinator Heidi Seilfaldet, i permisjon fram til aug. 50% 5 mnd Driftsleiar Roy Henrik Eriksen 100% Vikar/tekstilkonservator Anna-Maria Östlund, til ut april 100% 4 mnd Vikar/gjenstandskonservator Anna Shepherd, frå 25.jan 100% Prosjekttilsett/tekstilkonservator Jaana Kataja 100% Prosjekttilsett/tekstilkonservator Pâivi Allinniemi, frå 8.feb 100% Fotograf Øyvind Johnsen 100% Team medarbeidar, etnolog Arild Knutsen 100% Frå Universitetet i Göteborg, Institutionen för Kulturvård, har vi hatt ein norsk 12

13 konservatorstudent i praksis i 20 veker. Ida Areklett Garmann har fått ein variert praksis her ved Bevaringstenestene, samstundes som ho har tatt aktivt del i verksemda ved avdelinga. Tilsette september 2010 Bevaringstenestene har vore innkalla til møte i Brukarutvalet. Brukarutvalet, valt av Hordaland Museumslag har følgjande samansetnad: Bergen Bymuseum Kunstmuseene i Bergen Hardanger og Voss museum vara: Sunnhordland museum Marit Roer Anne Britt Ylvisaaker Kjersti Krokeide Magne Gravdal Det er vedteke mandat for Brukarutvalet. På årsmøtet i Hordaland Museumslag deltok representantar frå Bevaringstenestene. Det har synt seg viktig med nær kontakt med musea og det er derfor nedsett ei Kontaktgruppe med representantar frå dei med samlingsansvar i alle dei konsoliderte musea; samt dei fast tilsette ved Bevaringstenestene knytt til gjenstandshandsaming. Det har vore eit møte i Kontaktgruppa. Dei tilsette deltek elles i avdelingsmøte og fellesmøte for tilsette i MuHo. Frå avdelingsmøte halde på Hordamuseet, inkludert omvising i uteområdet og teppesalen 13