Samarbeid for felles framtid. Oppvekst Nærmiljø Samferdsle Næringsliv.

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Samarbeid for felles framtid. Oppvekst Nærmiljø Samferdsle Næringsliv. www.senterpartiet.no/kvam"

Transkript

1 Samarbeid for felles framtid Oppvekst Nærmiljø Samferdsle Næringsliv

2 Ordførarkandidaten KVAM SENTERPARTI Program for valperioden Målet for Senterpartiet sin politikk er å skapa eit samfunn av frie, sjølvstendige menneske, der innbyggjarane står i fokus. Senterpartiet i Kvam vil arbeida aktivt inn mot sentrale styresmakter, Storting og Regjering, i små og store saker. Me vil saman med sentrale tillitsvalde og folkevalde i Senterpartiet påverka mest mogleg for å skapa ei samfunnsutvikling som kjem vår kommune til gode. Kvam er ein god kommune å bu i. Senterpartiet ynskjer å gje born og ungdom ein trygg og god oppvekst. Senterpartiet vil arbeida for eit godt samarbeid mellom alle bygdene i Kvam. Det skal vera attraktivt å busetja seg i alle bygder i Kvam, difor er det viktig med gode oppvekstvilkår, mogelegheiter for arbeid og fritidsaktivitetar, gode velferdstilbod, eit godt kollektivtilbod og samferdsle i heile Kvam. Hovudsatsingsområder: Oppvekst Nærmiljø Samferdsle Næringsliv Kvam Senterparti vil i perioden: Gjennomføra barnehageopprustinga i Tørvikbygd, Ålvik og Strandebarm/Oma. Sikra full barnehagedekning frå fylte 1 år. Ferdigstilla barneskulen i Norheimsund. Innføra trafikalt grunnkurs på ungdomskulen. Oppjustera Sjusete Skisenter til eit heilårsanlegg for langrenn og skiskyting. Arbeida for «ny» Fv. 130 mellom Norheimsund og Øystese. Arbeida for Hardangertunnel. Betra kollektivtilbodet i heradet. Redusera eigedomsskatt for bustad. Seia NEI til nytt industriområde på Moflatane, ovanfor Auto en. Støtta opp om næringsprosjekt som gjev nye arbeidsplassar. Oppretthalda legesenter i Strandebarm. Sikra god etter- og vidareutdanning innan helse og skule. Ferdigstilla Strandvegen 2.byggesteg. Jostein Ljones 44 år Bur på Ljones Jobb: Sjølvstendig næringsdrivande, bonde. Eg har gjennom mange år vore aktiv i ulike lag og organisasjonar, heilt frå eg som 10-åring starta i 4H har eg vore aktiv i organisasjonsarbeid. Eg synest det er spanande å engasjera meg for å få til ei positiv utvikling av samfunnet vårt. Eg brenn mest for å leggje til rette for eit robust og nyskapande næringsliv som eg ser på som det viktigaste grunnlaget for busetnad og utvikling i kommunen vår. For at folk skal busetja seg og trivast i Kvam, ynskjer eg å arbeida for gode nærmiljø i heile kommunen, der alle kan føla seg trygge og verdsette. For born og ungdom vil eg arbeida for gode oppvekstvilkår, grunnlaget for dette er god kvalitet i skule- og barnehagetilbodet samt eit innhaldsrikt kultur- og fritidstilbod. For å betra tilgangen til kultur- og fritidstilbod er det viktig å betra kollektivtilbodet på kveldstid. Eg vil også arbeida for å korta ned reiseavstandane og betra vegstandaren i kommunen.

3 Herleif Tveit 47 år. Bur ytterst i Kvam, i Gravdal. Jobb: Underdirektør i Skatt vest med kontorstad i Rosendal. Likar skogs- og fjellturar, hjortejakt, sport og lagsaktivitetane i nærmiljøet stiller eg gjerne opp på. Politisk saksfelt: Næringsutvikling og Samferdsel, gode kommunale tjenester i heile Kvam, økonomistyring. Elisabet Aarekol 27 år Oppvaksen i Vangdal, men har dei siste åra budd i Bergen. Flytta heim att til Kvam i 2010 og bur no på Gartveit. Arbeider i DnBNOR i Øystese. Likar fjell og fjord, og lengtar aldri tilbake til bylivet. Synes det er viktig med gode barnehagar og skular, at spesielt nyetablerte får høve til å skaffa seg bustad, samt at det vert arbeidd for fl eire arbeidsplassar i kommunen. Marie Fraas Aksnes 54 år Øvre Aksnes Jobb: Har fagbrev som blomsterdekoratør. Er i tillegg gartnar, og jobbar på Blomastovo i Norheimsund. Politisk interessefelt: Å gje næringslivet rammer som gagnar oss alle. Ein god barnehage til alle som treng det. Og sist, men ikkje minst: den store draumen er tunnel under Kvamskogen. Ingunn Karin Torvik 38 år Tørvikbygd Jobb: Psykiatrisk vernepleier i bufellesskap, Kvam herad. Interesser: Krimbøker, musikk og fi lm. Politisk interessefelt: Born og ungdom, Samferdsel.

4 Alexander Fosse Andersen 27 år Fosse Lærar Interessefelt: 1. Skule med fokus på kunnskap og meistring. 2. Trafi kalt grunnkurs i skulen. 3. Gode kollektivtilbod på kveldstid. Helga Byrkjeland 52 år Steinsdalen Sjølvstendig næringsdrivande, medeigar i Nøring ANS og Amalie s Klær Politiske interessefelt: Nærmiljø og lokalt næringsliv Grethe Håland Stuve 51 år Øystese Arbeider som spesialpedagog i vidaregåande skule, Øystese Gymnas. Har og fagutdanning innan kost og ernæring, og har vore kjøkkenleiar i fl eire år. Har stor interesse for kunst og handverk. Er særlig interessert i å skapa trivsel og kvalitet i skulen, gode oppvekstmiljø med auka satsing på førebyggjande arbeid. Bustadpolitikk med ekstra fokus på byggjeskikk og estetikk. Ole Gjerde 35 år Omastrand Ingeniør Hobby/fritid: Folkemusikar, fotballtrenar, jeger, aktiv i idrettslag, bygdelag, grendeutval. Oppteken av at det skjer ting på bygdene. Politiske interessefelt: Bygdeutvikling, næringsutvikling, og kultur.

5 Skular og barnehage. Kvam SP vil arbeida for at Kvammaskulen skal vera ein inkluderande skule med høgt fagleg innhald. Gjennomføra barnehageopprustinga i Tørvikbygd, Ålvik og Strandebarm/Oma. Sikra full barnehagedekning frå fylte1 år. Ferdigstilla barneskulen i Norheimsund. Ha meir fokus på tilpassa opplæring som sikrar auka meistring for alle. Tilretteleggja for meir fysisk aktivitet. Jobba for mobbefri Kvammaskule. Arbeida for gode ordningar for faghospitering mellom ungdomskule og vidaregåande. Idrett og kultur. Kvam SP vil at frivillige lag og organisasjonar kan nytta kommunale bygg og anlegg vederlagsfritt. Oppjustera Sjusete Skisenter til eit heilårsanlegg for langrenn og skiskyting. Styrkja kultur og fritidstiltak for barn og unge. Gje støtte til gode nærmiljøtiltak. Styrkja og støtta opp om frivillig arbeid. Støtta opp om idrettsanlegga i heile Kvam. Sikra at kyrkja framleis skal vera ein viktig del av bygda sitt kulturliv. Støtta opp om kulturarrangement/festivalar. Samferdsel. Kvam SP vil arbeida for trygge og rassikre vegar med gul stripe. Arbeida for Hardangertunnel. Gå inn for opprusting av ferjekaien og trafi kksikring i Tørvikbygd. Arbeida for tunnel bak Sandven. Sikra trygge skulevegar og gode busslommer med buss-skur. Ha fl eire bussavgangar og betre informasjon om busstilbodet. Utvikla Tolomarka ved satsing på nytt traseval for Fv 130. Arbeida for rassikring på fylkesvegane i heile Kvam. Ha fi berbasert kommunikasjonsnett i heile Kvam. Arbeida for Håfjellstunnel Øystese Fyksesund. Arbeida for Indre ferjefri kyststamveg. Samhandla med næringslivet og lokal befolkning om prioriteringar av samferdselløysingar. Ungdom. Kvam SP vil at «trygt heim for ein 50-lapp» vert fast ordning i Kvam. Utvida RINGBUSS-tilbodet med avgang på ettermiddag/kveldstid. At alle ungdomar skal få høve til å ta trafi kalt grunnkurs på ungdomskulen. Ta intiativ til bustadbygging for ungdom. Vidareutvikla Kulturskulen. Støtta opp om arbeidet i ungdomsrådet. Etablera nye og trygge møteplassar for ungdom som tek utdanning i Kvam. Bustadbygging. Kvam SP vil sikra gode bustadområde i alle delar av heradet. Vera pådrivar for rask regulering og ei positiv byggesakshandsaming. Etablera tenestetorg med rådgjeving for innbyggjarane. Regulera og tilretteleggja nye bustadområde. Redusera eigedomsskatt for bustad i perioden. Sikra sentrumsnære bustadområde med tett utbygging. Leggja tilrette for gjennomgangsbustader for eldre og nyetablerarar. Vera positive til område for spreidd bustadbygging. Auka fokus på byggeskikk og estetikk. Miljø og ressursbruk for framtida. Kvam SP vil praktisera eit restriktivt jordvern som fører til minst mogleg omdisponering av jordbruksareal. Sei NEI til etablering av industriområde ved Mofl atane i Steinsdalen. Arbeida for samarbeid mellom landbruk og anna næringsliv som sikrar bærekraftig arealforvaltning. Arbeida for meir miljøvenleg energiproduksjon, som småkraftverk og bioenergi. Sikra gode aktivitets- og friluftsområde i heile Kvam. Jobba for energisparande tiltak i kommunale bygg. Ha miljøvenlege bilar i Kvam herad. Arbeida for utbygging av fosselva oppom Steinsdalsfossen. Arbeida for ein differensiert strandsonepolitikk der både tilgongen til sjøen for alle innbyggjarane, og utviklingstrong for lokalsamfunnet er ivareteke.

6 Næringsliv. Kvam SP vil tilretteleggja for nye arbeidsplassar i heile Kvam. Tilretteleggja regulert sentrumsnært næringsområde frå Norheimsund til Auto en. Arbeida for nye næringsområde i Øystese/Laupsadalen. Arbeida for fl eire statlege og regionale arbeidsplassar i Kvam. Støtta opp om lokale næringsdrivande / Gründarar. Sikra framleis offentleg/lokalt eigarskap for kraftanlegg i Kvam. Sikra naudsynt kapasitet på planavdelinga i heradet. Støtta opp om næringsprosjekt som gjev nye arbeidsplassar. Vera positiv til Hardanger Bade- og velværesenter som i hovedsak vert bygd og drifta i privat regi. Arbeida for gode reiselivstiltak. Støtta opp om Kvamma-landbruket og ivareta den beste landbruksjorda. Sikra lokal oppdrettsnæring gode arbeidsvilkår for ei berekraftig utvikling både i produksjon og foredling. Ha tettare dialog mellom Kvam herad og lokalt næringsliv. Helse og omsorg. Kvam SP vil arbeida for eit Distriktsmedisinsk senter i Kvam. Sikra barnevernet rammer som gjev tryggleik for brukarane. Oppretthalda og vidareutvikla (interkommunalt) legesenter i Strandebarm. Ikkje konkurranseutsetja lovpålagde tenester. Rusta opp Strandebarmsheimen. Arbeida for å skaffa behandlingstilbod og ettervern for dei med rusproblem. Arbeida for høgare stillingsprosent for dei som ynskjer det. Oppretthalda program for etterutdanning av helsepersonell. Ha sterkare fokus på førebyggjande helsearbeid. Tilpassa hjelpetenester for den einskilde brukar. Sikra eit godt arbeidsmiljø. Foto: Nils Kjetil Torvik

7 KVAM SENTERPARTI Valliste til kommunevalet 2011 for heile Kvam Nr Navn Poststad Fødselsår 1. Jostein Ljones Tørvikbygd Herleif Tveit Omastrand Marie Fraas Aksnes Norheimsund Elisabet Aarekol Øystese Ingunn Karin Torvik Tørvikbygd Alexander Fosse Andersen Strandebarm Grethe Håland Stuve Øystese Helga A. Byrkjeland Norheimsund Ole Gjerde Omastrand Harald Olav Fosso Norheimsund Per Røberg Norheimsund Nils Neteland Norheimsund Signe Karin Kvamsøy Øystese Jostein Småbrekke Norheimsund Marit Buttingsrud Øystese Signe Melstveit Byrkjeland Norheimsund Oddbjørn Borge Tørvikbygd Heine Aarekol Norheimsund Leidulv Bratli Tørvikbygd Torgeir Magnar Børve Øystese 1947 Bli Medlem! Meld deg inn på: