ØKONOMIPLAN DRIFT

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "ØKONOMIPLAN 2011-2014 DRIFT"

Transkript

1 ØKONOMIPLAN DRIFT Hordaland fylkeskommune - Årsbudsjett

2 ØKONOMIPLAN kr faste prisar Budsjett Endring Frie inntekter Renter og avdrag Til disp. etter renter og avdrag Kommentar Avsetjingar/bruk av fond Overf. til inv.bud Momskomp. frå investeringar Driftsramme til fordeling på sektorane: Politiske organ og adm. netto Valutgifter Fellesfunksjonar netto Saldering tilleggsløyv. Opplæring netto Tannhelse netto Regional utvikling netto Fylkeskom. næringsverksemd netto Tilskot Hardangerbrua Samferdsel netto Kultur netto Sum netto driftsutgifter Samandrag Tabellen gjev oversyn over dei viktigaste endringane i økonomiplanperioden i høve til årsbudsjettet for Ein har ført opp den venta veksten i frie inntekter kvart år i perioden. Men som følgje av høge investeringar aukar renter og avdrag meir enn dei frie inntektene. Tabellen ovanfor viser at det ein har igjen av frie inntekter, etter at renter og avdrag er betalte, går ned med ca. 51 mill. kr i Nedgangen held fram dei følgjande åra. Etter dagens reglar vert momskompensasjon frå investeringar inntektsført i driftsrekneskapen. Dette skal leggjast om. Frå og med 2014 skal all momskompensasjon frå investeringar inntektsførast i investeringsrekneskapen. For samferdselssektoren reknar ein framleis med innsparingar etter kvart som fleire bussruter vert lagde ut på anbod. Ramma viser difor nedgang med 51 mill. kr i 2012 og 31 mill. kr i 2013, sjølv om vegvedlikehaldet vert foreslått styrka med 5 mill. kr i 2012 og med ytterlegare 20 mill. kr i Hordaland fylkeskommune - Årsbudsjett

3 Politiske organ, administrasjon og fellesfunksjonar Det er budsjettert med 1,5 mill. kr til val i Elles er det berre lagt inn små justeringar på fylkesutvalet sin tilleggsløyvingskonto for å saldera økonomiplanen. Momskompensasjon frå investeringar Det er budsjettert med høge investeringar i økonomiplanperioden. Dette gjev høge beløp i momskompensasjon. Det er budsjettert slik: Løpande prisar Tal i mill. kr Etter dagens reglar vert momskompensasjon frå investeringar inntektsført i driftsrekneskapen. Dette skal leggjast om. Frå og med 2014 skal all momskompensasjon frå investeringar inntektsførast i investeringsrekneskapen. I 2011 må minimum 40% av momskompensasjonen frå investeringar overførast til investeringsbudsjettet. Prosentsatsen vert trappa opp til 60% i 2012 og 80% i I forslaget til økonomiplan overfører ein meir til investeringsbudsjettet enn ein får i momskompensasjon kvart av åra 2012 og I 2014 skal som nemnt heile summen av momskompensasjon frå investeringar førast direkte i investeringsrekneskapen. Denne summen er i 2014 rekna til 158 mill. kr og kjem som inntekt i investeringsbudsjettet. Opplæring Situasjonsomtale Talet på åringar i Hordaland held seg på om lag same nivå i perioden 2011 til 2014: Tal åringar Tabellen viser at det er ein auke i talet på åringar frå 2010 til 2014 på 264. Den største auken kjem frå 2012 til 2013 på 281. Prognosen seier at 2013 vil vere toppåret i økonomiplanperioden. Veksten i talet på åringar komande økonomiplanperiode, ser ut til å verta svakare enn det som har vore vanleg dei siste åra. Utviklinga i denne prognosen er det avgjerande måltalet for utviklinga i talet på elevar og lærlingar. Ein annan faktor som påverkar elevveksten for Hordaland fylkeskommune sine skular er kor stor del av ungdomskullet som vel private skular. I det siste har ein også sett effekt av at tilflytta ungdomar frå t.d. Polen og dei baltiske landa treng undervisningsplassar. Ein siste viktig faktor i høve til elevtalet er at vi i 2009 og 2010 har fått ein reduksjon i talet på ungdomar som vert lærlingar. Dette er truleg grunna konjunkturane, og gjev utslag på nasjonalt nivå med ein generell nedgang i talet på lærlingar. Difor har det samstundes vore ein auke i talet på elevar i vidaregåande skular. Inneverande haust ser det ut til å verte om lag 300 elevar meir enn ved elevteljinga hausten Det er venta at talet på lærlingar held seg på om lag same nivå som i år fram til Deretter er det venta ein auke i talet på lærlingar, som igjen kan føra til færre elevar i vidaregåande skule ved slutten av økonomiplanperioden. Det er sjølvsagt usikkert korleis talet på elevar/lærlingar vil slå ut fram i tid. Fylkesrådmannen legg til grunn at det vil vera trong for om lag 20 mill kr for å innarbeida konsekvensane av veksten i elevmassen og dreiinga frå lærling til elev i byrjinga av økonomiplanperioden Dette må skje gjennom omdisponeringar innanfor budsjettramma for opplæringssektoren. Mot slutten av økonomplanperioden ventar ein motsett effekt. Årsaka er at lærlingtilskotet vert betalt ut over to år, og at det siste året i læretida vert rekna som verdiskaping i næringslivet. Ein elevplass har såleis ein høgare kostnad. Hordaland fylkeskommune - Årsbudsjett

4 Svingingane i elevmassen over tid gjev relativt store utslag i økonomien til skulane. Dette kjem av at Hordaland har ein relativt brei skule- og tilbodsstruktur. Nybygg/tilbygg I økonomiplanperioden vil fleire nybygg stå ferdige eller vere påbegynt. Dette gjeld: Amalie Skram videregående skole ferdig 2013 Voss ny skulestruktur frå 5 til 2 skular Åsane videregående skole I tillegg er det sett av midlar til opprusting av Årstad videregående skole og det er midlar til mindre ombyggingsarbeid ved fleire skular i fylket. Oppsummering Fylkesrådmannen har ikkje lagt inn auke i budsjettramma for opplæringssektoren i økonomiplanperioden samanlikna med Meirkostnaden som følgje av at det vert fleire elevar og færre lærlingar som det er peika på ovanfor, må dekkast ved omdisponeringar innanfor opplæringssektoren. Etter fylkesrådmannen si vurdering er budsjettet for 2011 eit godt utgangspunkt for økonomiplanen. Det store investeringsprogrammet som er under utføring, vil betra undervisingstilhøva mange stader. Tannhelse Det er varsla fleire store reformer og prosjekt på tannhelsefeltet både på nasjonalt og regionalt nivå i økonomiplanperioden: Etablering av eit regionalt odontologisk kompetansesenter i Helseregion Vest i Nytt odontologibygg i Bergen våren 2012 Ny lov om tannhelsetenester. Elektronisk samhandling i tannhelsetenesta I St. meld nr 35( ) foreslår regjeringa at fylkeskommunen sitt forvaltningsansvar for den samla tannhelsetenesta bli styrka. I tillegg til eit sørgje for ansvar vil fylkeskommunen også få eit følgje med ansvar på tannhelsefeltet. Satsingsområda i meldinga er geografisk utjamning, kunnskaps- og kompetanseutvikling, folkehelsearbeid og sosial utjamning. Den offentlege tannhelseteneste i Hordaland DOT Hordaland - har innført spesielle tiltak i distrikt med rekrutteringsvanskar og stor gjennomtrekk av personell. Det er særleg Sunnhordland, Voss, Hardanger og enkelte kommunar i Nordhordland som har problem. Dei viktigaste tiltaka er auka fastløn, rekrutteringstillegg for nytilsette, fast årleg tilskot til individuelle kurs og studiestipend mot bindingstid. I økonomiplanperioden vil det framleis være ein stram tannlege- og tannpleiarmarknad. Mange tannlegar i distrikta som har utgjort ei stabil grunnstamme vil slutte i løpet av dei neste fem åra. I tillegg er det sterke krefter som dreg nye tannlegar mot byane, og det vil derfor bli nødvendig å styrke eksisterande tiltak eller sette i verk nye i løpet av planperioden. Overføring av driftsansvaret for odontologisk klinikk til HFK Det er innleia forhandlingar mellom HFK og Universitet i Bergen om overføring av Odontologisk klinikk. Dersom forhandlingane fører fram vil Hordaland fylkeskommune truleg overta drifta av odontologisk klinikk frå Odontologisk klinikk er alt skilt ut frå universitetet i Bergen som eiga. eining. Klinikken har eit nettobudsjett på om lag 65 mill. kr. Etablering av odontologisk kompetansesenter i helseregion vest Dei tre vestlandsfylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har fått tilskot frå Helse- og omsorgsdepartementet for å planlegge og prosjektere eit regionalt odontologisk kompetansesenter i helseregion vest. Kompetansesenteret skal vera etablert i Rogaland har allereie opna ein spesialistklinikk i Stavanger, og Hordaland vil opna sin spesialistklinikk når det nye odontologibygget i Bergen står ferdig i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane inngjekk ein intensjonsavtale med Helse- og omsorgsdepartementet i 2009, og er i gang med å utarbeide ein samarbeidsavtale som skal avklare organisasjonsmodell og drift av senteret. Driftsutgiftene vil bli delt mellom fylkeskommunane og staten.. Oppgåvene til kompetansesenteret er som følgjer: Utdanning av tannlegespesialistar og forsking Spesialistbehandling, Hordaland fylkeskommune - Årsbudsjett

5 Etterutdanning, rådgjeving og rettleiing av tannhelsepersonell Styrking av det helsefremjande og førebyggjande arbeidet Tannhelsa til ungdommen i Hordaland er ikkje så god som ønskjeleg, jf Kostra tal for tannhelse, og det førebyggjande arbeidet i fylket bør difor styrkast. M.a. bør samarbeidet med kommunale tenester, frivillige lag og organisasjonar m. fl. bli betre. Helse og omsorgsdepartementet har ansvaret for spesialistutdanning og forsking, fylkeskommunen for spesialistbehandling, etterutdaning, rådgjeving og rettleiing. Fylkesrådmannen vil koma nærare attende til organiseringa av det nye regional kompetansesenteret og dei tilliggjande spesialistklinikkane. Klinikkstruktur i Hordaland I Plan for tannhelsetenester i Hordaland er det lagt opp ein meir sentralisert klinikkstruktur. Planen vart godkjent i fylkestinget i 2010, men kvar klinikk skal leggjast fram som eige sak før eit tilbod blir lagt ned. Fylkesrådmannen er i gang med arbeidet med å følgja opp endringane i klinikkstrukturen slik det var lagt opp til i tannhelseplanen. Ny lov om tannhelsetenester Nye reformer er varsla i St. meld. nr 35( ) Regjeringa går i St.meld. nr. 35 inn for å gje eit oppsøkande tannhelsetilbod til nye grupper, m.a. til fleire personar med alvorlege psykiske lidingar. Ungdom frå 19 til 20 år, noverande gruppe d, vil truleg få fri behandling. Desse nye tilboda vil truleg bli innført i løpet av økonomiplanperioden. Fritt tannlegeval for enkelte prioriterte grupper Regjeringa går i St.meld nr 35( ) inn for at prioriterte grupper over 18 år skal kunne velje mellom offentlege og private tenesteytarar. Det vil bli sett som vilkår at dei private tannlegane som ønskjer å behandle prioritert klientell inngår avtale med fylkeskommunen. Fylkeskommunane vil refundere utgiftene til tannbehandling av prioritert klientell i privat praksis. Det vil bli ekstra kostnader med administrering av ei slik ordning, og det vil bli problematisk å redusere tannhelsedistrikta sine budsjett i same grad som utbetalingane til privat sektor. Nye utgifter i planperioden Når det regionale odontologiske kompetansesenteret og spesialistklinikken kjem i drift frå hausten 2012, vil fylkeskommunen dekke utgiftene til delar av drifta. Lønsutgiftene per år med dei nye tiltaka vil verta om lag 8 mill. kr Spesialistbehandlinga vil gje inntekter til fylkeskommunen, men det er vanskeleg å anslå kor store dei vil bli. Det er grunn til å tru at inntektene vil auke etterkvart som spesialistklinikken blir bygd ut og får status som eit kompetansesenter i regionen. Fylkesrådmannen har ikkje lagt inn endringar i tannhelsebudsjettet i økonomiplanperioden samanlikna med budsjettet for Fylkesrådmannen vil koma nærare attende til verknadene av oppbygginga av det regionale kompetansesenteret og spesialistklinikken i seinare budsjett. Regional utvikling og fylkeskommunal næringsverksemd Det er ikkje lagt inn endringar innan området regional utvikling i økonomiplanperioden samanlikna med budsjettet for Forvaltningsreforma har gjeve fylkeskommunen fleire nye oppgåver innan regional utvikling. Vidare legg ny plan- og bygningslov auka vekt på fylkeskommunen si rolle i plansystemet. Klimautfordringa, miljørelaterte oppgåver og folkehelse set også krav til kompetanse og ressursar. Nye ansvarsområde og oppgåver innan regional utvikling vil stilla auka krav til ressursar og verkemiddel, og til kompetanse og kapasitet i fylkesadministrasjonen. Hardangerbrua Fram til 2012 overfører fylkeskommunen 35,6 mill. kr årleg til Hardangerbrua AS. Ein vil då ha nådd opp i det avtalte tilskotet på 356 mill. kr, som er føresett finansiert med konsesjonskraftmidlar. Hordaland fylkeskommune - Årsbudsjett

6 Samferdsel Vegar Vedlikehald av fylkesvegar har eit budsjett på 392,2 mill kr i Det er trong for meir vedlikehalds- og driftsmidlar på fylkesvegnettet. Dette dels for å oppretthalda vegkapitalen, og dels for å sikra at vegnettet oppfyller krava til tryggleik. På fleire av fylkesvegbruene er det trong for større vedlikehald og oppgradering. Andre runde med anbodsutsetjing av funksjonskontraktar har gjeve vesentleg høgare kostnader. Frå Statens vegvesen er det opplyst at det er trong for om lag 100 mill kr meir per år til vedlikehald og oppgradering av fylkesvegnettet. Fylkesrådmannen foreslår i økonomplanen å auka vedlikehaldet med 5 mill. kr i 2012 og med ytterlegare 20 mill. kr i 2013 samanlikna med budsjettet for Kollektivtrafikk Utfordringane i økonomiplanperioden er store om ein skal nå dei vedtekne måla for kollektivtrafikken særleg i Bergensområdet. Målet her er at kollektivtrafikken skal ta ein større del av persontransportarbeidet i Bergen. For å lukkast med dette, må ein unngå at ikkje kapasiteten vert flaskehals i kollektivsystemet. Auka passasjertilslutnad må fylgjast opp med auka kapasitet. Marknadsføring og kommunikasjon er viktige faktorar for å nå måla våre. Marknadsbudsjettet er i 2011 på 18 mill kr, om lag 2,5% av trafikkinntektene. Det bør vera eit mål å få på plass ei noko høgare ramme til marknadsarbeidet, og ein legg inn ein auke på 5,0 mill kr i Skuleskyss Den sterke kostnadsveksten i skuleskyssen stoppa opp i Det er no kome inn ein ny faktor som truleg vil vera kostnadsdrivande på dette budsjettområdet. Det er den såkalla midtskyssen, som inneber rett til tilkøyring/heimkøyring utanom skulen sine offisiell start- og sluttider. Dei siste åra har slik køyring vore eit kommunalt ansvar. Sentrale styresmakter har no lagt dette ansvaret tilbake på fylkeskommunane. Alt inneverande skuleår genererar dette auka kostnader, og ein må rekna med ytterlegare auke i åra framover. Det vert lagt inn ei auka ramme på 4,0 mill kr i 2012 som følgje av midtskyss. Tabellen nedanfor viser endringane fylkesrådmannen foreslår for samferdselssektoren i økonomiplanperioden. Frå 2012 skal all kollektivtransport vera sett ut på anbod, og ein vil få ein økonomisk vinst av konkurranseutsetjinga. Det vert lagt til grunn at den er på 70 mill kr i For dei etterfylgjande åra må ein pårekna å måtta auka ruteproduksjonen i takt med passasjerveksten. Passasjervekst vil gje auka trafikkinntekter, og det vert lagt til grunn at desse postane går opp i opp, slik at det vil vera ei nettoinnsparing i økonomiplanperioden. Fylkesrådmannen legg til grunn takstauke i samsvar med den generelle prisstiginga i økonomiplanperioden. Drift av det nye billetteringssystemet vil gje høgare kostnader enn det som så langt har vore føresett. Prosjektet er langt på veg er eit stort IT prosjekt og det må påreknast kostnader til vedlikehald og vidareutvikling av systemet. Med full drift av billetteringssystemet frå 2011 vil ein måtta pårekna utviklingskostnader alt i Det vert lagt inn ein vekst på 5,0 mill kr i 2012 samanlikna med budsjettet for Hordaland fylkeskommune - Årsbudsjett

7 Tal i heile 1000 kr År Tiltak: Billettering Skuleskyss Marknadsføring Innsparing bussanbod Fylkesveg Sum tiltak Kultur I 2011-budsjettet er utgiftssida på vel 246 mill. kr. Summen er vidareført i heile perioden. Kulturplan Arbeidet med ein kulturstrategi for Vestlandet er sett i gang, likeeins arbeidet med ein ny kulturstrategi/regional kulturplan for Hordaland. I løpet av 2011 vil ein vere komen langt i å meisle ut ein tydeleg kulturpolitikk både for drift og investeringar. Tilskotsordning til kulturhus/arenaer I 2011-budsjettet er det lagt inn ei ny fylkeskommunal tilskotsordning for kulturhus/arenaer på 10 mill kr. Det er eit stort press for løyvingar til slike tiltak, så denne vert vidareført i økonomiplanperioden. I 2011-budsjettet er det løyvd 2 mill. kr til Arena USF. Fylkesrådmannen foreslår 4 mill. kr i budsjettet for 2012 innanfor den nye tilskotsordninga. Det er naudsynt med ei omfattande rehabilitering av Klosteret 17. Fylkesrådmannen foreslår å løyva 0.65 mill kr i 2011 og er også innstilt på å løyve noko meir i 2012, dersom Bergen kommune gjer det same. Tilskot til fylkesidrettsanlegg Tilskot til fylkesidrettsanlegg er foreslått auka frå 3.1 mill kr til 4 mill kr i budsjettet for 2011 og denne tilskotssummen vert vidareført i perioden. Kulturelt utviklingsprogram I 2011 budsjettet er det lagt inn 7 mill kr til KUP, kulturelt utviklingsprogram. KUP er eit viktig verktøy for å få til større og tyngre kultursatsingar. Søknadsrunden i 2010 syner svært stor interesse for ordninga, med ein søknadssum på rundt 50 mill kr inkludert treårige prosjekt. Ramma til KUP vert foreslått vidareført i økonomiplanperioden. Museumsplan På museumsfeltet ligg det store utfordringar så vel på investerings- som på driftssida. Fylkesrådmannen kjem attende til situasjonen for musea i museumsplanen som er under sluttføring.. Hordaland fylkeskommune - Årsbudsjett

8 Frie inntekter Faste 2011 priser Tal i heile 1000 kr Skatt Rammeoverføringar Sum inntekter Utviklinga i dei frie inntektene i økonomiplanperioden er usikker. I fylkesrådmannen sitt budsjettgrunnlag er det som i saka om økonomiske rammer til fylkesutvalet i juni 2010 lagt til grunn ein vekst i fylkeskommunane sine frie inntekter på 0,5 prosent i 2012 og ¾ prosent pr. år i 2013 og Det er rekna med noko mindre auke i dei frie inntektene for fylkeskommunane enn tidlegare etter at veksten i talet på åringar no har stagnert. Utrekning av dei frie inntektene i økonomiplanperioden i tabellen ovanfor er gjort ved hjelp av KS sin modell. Regjeringa tek sikte på leggja fram ny kostnadsnøkkel for utrekning av rammeoverføringane til fylkeskommunane, men desse endringane vil ikkje få verknad for Det er uvisst kva utslag desse endringane vil få. Renter og avdrag Løpande prisar Tal i heile 1000 kr År Renteutgifter Avdrag Sum utgifter Rentekompensasjon Renteinntekter Sum inntekter Netto utgifter Ein gjer merksam på at tala i denne tabellen er i løpande prisar. For lån utan rentebinding er rentesatsen sett til 3,5% i 2011 og 4% i resten av økonomiplanperioden. Utviklinga i rentenivået er usikker, og ein må vera budd på at renteføresetnadene må justerast ved seinare høve. Utrekningar basert på forslaget til investeringsbudsjett syner sterk auke i renter og avdrag kvart år i perioden. Renteutgiftene aukar frå 158,1 mill. kr i 2011 til 270,7 mill. kr i Utgiftene til avdrag aukar frå 195 mill. kr i 2011 til 316 mill. kr i For nye lån er det rekna med 5 års, 20 års og 30 års nedbetalingstid alt etter levetida for investeringane. Renteinntektene er auka frå 26,3 mill. kr i 2011 til 28,8 mill. kr i resten i perioden på grunn av auka rentesats. I tillegg er det inntektsført rentekompensasjon for ein del skulelån og veglån. Ved utrekning av kompensasjonen vert det lagt til grunn at låna er avdragsfrie i 5 år, og deretter vert nedbetalte over 15 år. For veglån har ein lagt til grunn at grunnlaget vert auka med 176 mill. kvart år. Overslaget over rentekompensasjon aukar frå 22,9 mill. kr i 2011 til 45,2 mill. kr i slutten av perioden. Hordaland fylkeskommune - Årsbudsjett

9 Interne finansieringstransaksjonar Løpande prisar Tal i heile 1000 kr År Overføring til investeringsbudsjettet Fondsavsetjing Sum utgifter Sum inntekter (Bruk av fond) Netto utgifter Ein gjer merksam på at tala i denne tabellen er i løpande prisar. Interne finansieringstransaksjonar omfattar inndekking av fylkeskommunen sine underskot frå tidlegare år, overføring av driftsmidlar til investeringsbudsjettet og avsetjingar og bruk av fond. Overføring til investeringsbudsjettet Regjeringa har vedteke nytt regelverk for rekneskapsføring av momskompensasjon. Det nye regelverket medfører at kommunesektoren etter kvart må bruka momskompensasjon frå investeringar til å finansiera investeringar og ikkje til løpande drift. Det vil vera ein overgangsperiode frå 2010 og fram til 2014, der det vert lagt stadig sterkare føringar på korleis denne momsrefusjonen frå investeringar kan nyttast. For budsjettåret 2010 skal minimum 20 prosent av momskompensasjon frå investeringar overførast til investeringsrekneskapen. For 2011 er det minimum 40 prosent, for 2012 minimum 60 prosent og for 2013 minimum 80 prosent. Frå og med 2014 må all momsrefusjon frå investeringar førast i investeringsrekneskapen. I økonomiplanen er det frå 2011 til 2013 ført opp 185 mill. kr frå drifta til finansiering av investeringar. Denne summen utgjer 100% eller meir av forventa momskompensasjon. Kravet etter den nemnde overgangsordninga er dermed oppfylt med god margin. Frå 2014 skal momskompensasjon frå investeringar inntektsførast direkte i investeringsrekneskapen. Med det opplegget som er lagt i denne økonomiplanen, vil ein frå det året ikkje ha driftsmidlar til finansiering av investeringar. Fondsavsetjing I følgje avtale skal det kvart av åra 2011 og 2012 utbetalast 35,6 mill. kr til Hardangerbrua AS. Ein har knapt 43,4 mill. kr ståande på fond. Opplegget i økonomiplanen er at desse fondsmidlane skal dekkja delar av utbetalingane i 2011 og 2012 med 21,7 mill. kr kvart av åra. Desse summane vert dermed førte som bruk av fond. Hordaland fylkeskommune - Årsbudsjett