MØTEBOK. Karen Marie Hjelmeseter, Sp Hilmar Høl, Ap. Anita Nybø, Sp

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "MØTEBOK. Karen Marie Hjelmeseter, Sp Hilmar Høl, Ap. Anita Nybø, Sp"

Transkript

1 MØTEBOK Organ Møtestad Finansutvalet Fylkeshuset - møterom Firda Møtedato Kl :30 Faste medlemer til stades: Åshild Kjelsnes, Ap Nils P. Støyva, Ap Jenny Følling, Sp Anders Ryssdal, Sp Nils Gjerland, Sp Arnstein Menes, Sp Norvall Nøringset, SV Noralv Distad, H Frank Willy Djuvik, Frp Marit Barsnes Krogsæter, V Forfall til møtet: Trude Brosvik, Krf Karen Marie Hjelmeseter, Sp Hilmar Høl, Ap Varamedlemer til stades: Til stades med møte- og talerett: Sekretariat for møtet: Norunn Lunde Furnes, Krf Anita Nybø, Sp Leiar for Kontrollutvalet Arve Mjømen Fylkesrådmannen sin stab v/frm økonomi Ingen merknader til innkalling og sakliste. Møtebok frå frå vart godkjend med slike merknader: Punkt 2 i møteboka om bortfall av støtte til EM i vektløfting er feil. Punkt 8.1 i møteboka - mangla følgjande tillegg: «Finansutvalet ser på sektorrammene som utgreiingsrammer, og vil komme tilbake til endeleg fordeling av rammene seinare». Grunngjevinga for desse merknadane ligg i at referatet frå nemde møte - som følgde arbeidsdokument 4/14 ved ein inkurie var fylkesrådmannen sine framlegg, og ikkje inansutvalet sine konklusjonar. Begge punkta er rett handsama i referatet som ligg på nettet. Rett versjon vert også lagt ut på nytt som vedlegg 1 til arbeidsdokument 4/14 og vil i tillegg bli ettersendt i onenote.

2 Møtebok Finansutvalet SAK 4/14 Budsjett 2015/økonomiplan Arbeidsdokument 4/14 &&& Fyll inn behandlingen av saken under denne linjen Behandling i møtet: Fylkesrådmannen sine tilrådingar er tekne inn først i kvart punkt. Nummereringa samsvarer med nummereringa i arbeidsdokumentet. 1 INVESTERINGSBUDSJETTET 1.1 Bygginvesteringar Eigenkapitalinnskot i Kommunal Landspensjonskasse (KLP): Årleg kapitalinnskot til KLP på 2 mill. kr vert innarbeidd i investeringsplanen for åra Investeringa vert inansiert med eksisterande driftsmidlar til investering. Investeringa medfører eit årleg auka låneopptak 2 mill. kr for investeringsporteføljen elles. Fellesmagasin for musea: Finansutvalet ser at musea i Sogn og Fjordane har utfordringar i høve magasinkapasitet, og at dette hemmar dei i arbeidet med samlingsforvaltninga. Musea i Sogn og Fjordane vert difor beden om å kartlegge alternative måtar å løyse magasinfordringa på som kan gje ei rimelegare løysing for fylkeskommunen. Herunder skal eventuell desentralisert magasinering vurderast. Det vert formidla til Musea i Sogn og Fjordane at prosjektet «Kløften» er for ambisiøst i høve den økonomiske situasjonen fylkeskommunen no er komen i. I påvente av denne utgreiinga vert løyvingane til fellesmagasin førebels tekne inn att i økonomiplanen med eitt års forskyving. Investeringsprogram for bygg: Framlegg til investerings- og inansieringsprogram for bygg vert lagt til grunn for det vidare arbeidet med budsjett og økonomiplan. Endringsframlegg: Sp sette fram slikt tillegg til siste setning i første avsnitt i pkt. 1.1 Fellesmagasin til musea: «samt utfordringane til Sunnfjord Museum.» Delavrøysting: Tillegget vart samrøystes vedteke. Samla avrøysting: Fylkesrådmannen si tilråding, med den endringa som følgjer av delavrøystinga over, vart samrøystes vedteke. 1.2 Fylkesveginvesteringar Framlegg til investerings- og inansieringsprogram for fylkesvegar vert lagt til grunn for det vidare arbeidet med budsjett og økonomiplan. Endringsframlegg: Frp sette fram framlegg til nytt avsnitt: Førdepakken vert førebels teken ut av investeringsprogrammet. Delavrøysting: Frank Willy Djuvik røysta for framlegget. Framlegget fall. Samla avrøysting: Resten av tilrådinga frå fylkesrådmannen vart samrøystes vedteken. Side 2 av 11

3 Møtebok Finansutvalet DRIFTSBUDSJETTET JUSTERINGAR AV BASISRAMMENE 2.1 Kapitalinntekter og -utgifter Renteføresetnader: Rentesats på lån vert sett til 2,45 % i 2015, 2,50 % i 2016, 2,75 % i 2017 og 3,15 % i Rentesats på bankinnskot vert føresett 0,30 % lågare enn renta på lytande lån. Rentesats på rentekompensasjonsordningane vert føresett 0,10 % lågare enn renta på lytande lån. Renteinntekter: Ny prognose for rentekompensasjonsordningane vert innarbeid i det økonomiske opplegget for budsjett 2015/økonomiplan Det vert føresett ein gjennomsnittslikviditet på 750 mill. kr i 2015, 700 mill. kr i 2016, 600 mill. kr i 2017 og 500 mill. kr i Renteinntekter på ein gjennomsnittslikviditet på 40 mill. kr vert reservert til fond der det er krav om tilbakeføring av renteinntekter på ubrukt kapital til fondet. Ny prognose for netto ordinære renteinntekter vert innarbeidd i det økonomiske opplegget for budsjett 2015/økonomiplan Kapitalutgifter: Nye føresetnader for kapitalutgiftsbelastninga vert innarbeidd i det økonomiske opplegget for budsjett 2015/økonomiplan Avrøysting Tilrådinga frå fylkesrådmannen vart samrøystes vedteke. 2.2 Konsesjonskraft Finansutvalet held på alt innarbeidde prognose for konsesjonskraftinntekter som sitt framlegg i budsjett 2015/økonomiplan Avrøysting Tilrådinga frå fylkesrådmannen vart samrøystes vedteke. 2.3 Tertialrapport 2/14 Her omtalte tilrådde endringar som følgje av tertialrapport 2/14 vert førebels innarbeidd i budsjett 2015 og tilhøyrande økonomiplan. Tilrådinga vert oppdatert i samsvar med endeleg vedtak i FT. Avrøysting Tilrådinga frå fylkesrådmannen vart samrøystes vedteke. 2.4 EM i vektløfting Løyvinga til EM i vektløfting vert fordelt med 0,6 mill. kr i ,5 mill. kr i Løyvinga vert inansiert med 0,3 mill. kr årleg via posten «FU til disposisjon» og resten mot den samla salderingsutfordringa. Avrøysting Tilrådinga frå fylkesrådmannen vart samrøystes vedteke. 2.5 Forsering av innsparing som følgje av strukturendringane i skulebruksplanen Side 3 av 11

4 Møtebok Finansutvalet Innsparingar som følgje av skulebruksplanen vert fasa inn med 7,3 mill. kr i 2015 og 4,0 mill. kr i 2016 (vårefekt). Opplæring si ramme vert tilsvarande nedjustert. Frå hausten 2015 tek rammene høgde for venta innsparingar. Avrøysting Tilrådinga frå fylkesrådmannen vart samrøystes vedteke. 2.6 Omstillingstiltak for pedagogisk personale Budsjetterte omstillingsmidlar i samband med skulebruksplanen vert redusert med 9,5 mill. kr i Avrøysting Tilrådinga frå fylkesrådmannen vart samrøystes vedteke. 2.7 Samferdsle auka kostnader med ny ferjekontrakt Samferdsle si basisramme vert auka med 4,5 mill. kr i 2016, 14,4 mill. kr i 2017, 17 mill. kr i 2018 og 24,5 mill. kr i Rammeauken er knytt til auka ferjekostnadar i perioden. Avrøysting Tilrådinga frå fylkesrådmannen vart samrøystes vedteke. 2.8 Kompensasjon for bortfall av diferensiert arbeidsgivaravgift Det vert føresett at staten dekker alle meirkostnadar som følgje av sektorunntaket for diferensiert arbeidsgjevaravgift innafor produksjon av transporttenester. Samferdslesektoren får tilført det faktiske beløpet som vert ytt i statstilskot. Avrøysting Tilrådinga frå fylkesrådmannen vart samrøystes vedteke. 3 INNSPEL FRÅ SEKTORANE - OPPFØLGING AV FINU SINE BESTILLINGAR 3.1 HU-sakene skisse for tilpassing til rammene for 2015/2016 Tilrådingane til hovudutvala for sektorane opplæring, plan og næring, kultur og samferdsle vert lagt til grunn i det vidare budsjettarbeidet. Det vart uttrykt i møtet at opplæringssektoren sitt innsparingstiltak «skule- og tilbodsstruktur, Hordalandsavtalen» på 1,6 mill. kr i 2016 ikkje skulle konkretiserast til Hordalandsavtalen. Endringsframlegg: Frp sette fram nytt framlegg til vedtak: Finansutvalet legg til grunn følgjande endra utgreiingsrammer for reduksjon i sektorane i 2016: Forvaltning 19,6 mill. kr der 7,6 mill. kr er politisk styring Opplæring 7 mill. kr Tannhelse 3 mill. kr Plan og næring 7 mill. kr Kultur 7 mill. kr Samferdsle 70 mill. kr Delavrøysting: Tilrådinga vart røysta over i to omgangar: 1. Endring i ramme til forvaltning: Frank Willy Djuvik og Noralv Distad røysta for. 2. Endring i ramme for dei øvrige sektorane: Frank Willy Djuvik røysta for. Framlegget fall. Høgre sette fram framlegg til nytt avsnitt: Side 4 av 11

5 Møtebok Finansutvalet Finansutvalet bestiller sak om å engasjera ekstern konsulent til gjennomgang av den fylkeskommunale drifta. Delavrøysting: Noralv Distad, Frank Willy Djuvik og Marit Barsnes Krogsæter røysta for. Framlegget fall. SP sette fram framlegg til nytt avsnitt: Finansutvalet ber om å få oversikt over kostratal frå samanliknbare fylkeskommunar på dei ulike sektorane. Delavrøysting Framlegget vart samrøystes vedteke. Samla avrøysting Fylkesrådmannen si tilråding, med endringane som følgje av delavrøystingane, vart samrøystes vedtekne. 3.2 Forvaltning - skisse for tilpassing til rammene for 2015/2016 Fylkesrådmannen sine tilrådingar til reduksjonstiltak i 2015/2016 for sektoren forvaltning vert lagt til grunn i det vidare budsjettarbeidet. Endringsframlegg Høgre sette fram følgjande framlegg: Fylkestinget vert redusert til 25. Talet på hovudutval vert redusert til to. Partistøtte vert redusert med 10 %. Delavrøysting: Noralv Distad røysta for. Framlegget fall Frp sette fram følgjande framlegg: Tal medlemmer i Fylkestinget vert ikkje endra neste periode. Fylkesutvalet får 9 medlemmar. Hovudutval: I tillegg til ire hovudutval, skal ein få utgreidd og kostnadsreka ulike modellar som t.d.: 1) HS som no, HO som no, HPN og HK samanslegne 2) HS som no, HK som no, HPN og HO samanslegne Tal medlemmar i hovudutvalet vert redusert til 9 eller 7 medlemmar alt etter utvalsstrukturen. Støtte til dei politiske partia: Støtta til dei politiske partia vert redusert med 50%. Godtgjersle til folkevalde vert gjennomgått etter fastsetting av den politiske organiseringa. Delavrøysting: Frank Willy Djuvik røysta for. Framlegget fall På vegne av gruppeleiarane sette Ap fram følgjande framlegg: Neste fylkesting vert redusert til 31 representantar. Fylkesutvalet får 9 medlemmar. Hovudutval: I tillegg til ire hovudutval, skal det det ein få utgreidd og kostnadsreka ulike modellar som t.d.: 1) HS som no, HO som no, HPN og HK samanslegne 2) HS som no, HK som no, HPN og HO samanslegne Tal medlemmar i hovudutvalet vert redusert til 9 eller 7 medlemmar alt etter utvalsstrukturen. Støtte til dei politiske partia: Støtta til dei politiske partia vert redusert med 10%. Side 5 av 11

6 Møtebok Finansutvalet Godtgjersle til folkevalde vert gjennomgått etter fastsetting av den politiske organiseringa. Delavrøysting: Noralv Distad og Frank Willy Djuvik røysta mot. Framlegget vart vedteke. Sp sette fram følgjande framlegg: Det må utgreiast å legge traikktryggingsutvalet inn under samferdsleutvalet og ha personsamanfall mellom eldrerådet og rådet for personar med nedsett funksjonsevne Delavrøysting: Avrøystinga vart delt i to: 1. Utgreiinga om traikktryggingsutvalet: Samrøystes 2. Utgreiing av personsamanfall: Norunn Lunde Furnes og Marit Barsnes Krogsæter røysta mot Framlegget vart vedteke. Krf sette fram følgjande framlegg: Post 4004 Diverse råd og utval, innsparing 0,1 mill Det skal utgreiast representasjonsfordeling om fylkesrådet for eldre og funksjonshemma kan vere eit råd med 7 medlemer. Det samla driftsbudsjettet for desse råda vert redusert med til og resten av innsparinga vert teken med på Vestlandsrådet. Delavrøysting: Norunn Lunde Furnes og Marit Barsnes Krogsæter stemte for. Framlegget fall. Samla avrøysting: Framlegget frå fylkesrådmannen, med dei justeringar som følgjer av delavrøystingane over, vart samrøystes vedteke. 3.3 Tannhelse skisse for tilpassing til rammene for 2015 og 2016 Fylkesrådmannen sine tilrådingar til reduksjonstiltak i 2015/2016 for tannhelsesektoren vert lagt til grunn i det vidare budsjettarbeidet. Avrøysting: Fylkesrådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. 4 ANDRE SAKER 4.1 Inntektssystemet Finansutvalet tek orienteringa om arbeidet i høve endringar i nytt inntektssystem til orientering. Avrøysting: Fylkesrådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. 4.2 Omstillingsprosjektet SFJ 2019 Finansutvalet tek orienteringa om det administrative omstillingsprosjektet til orientering. Avrøysting: Fylkesrådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. 4.3 Investeringar i samband med skulebruksplanen svar på «bestilling» Side 6 av 11

7 Møtebok Finansutvalet Finansutvalet tek orienteringa om FT-saka tilrådde endringar i investeringane som følgje av skulebruksplanen til orientering. Eventuelle endringar i investeringsprogrammet for bygg vert å innarbeide i etterkant av fylkestinget si handsaming av saka. Avrøysting: Fylkesrådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. 4.4 Omdisponering innafor opplæringsramma - teknisk endring Det vert lytta 4,2 mill. kr årleg frå «tilskot til lærebedrifter» til «utdanningsprogramma». Midlane vert øyremerka opplæring i skule. Avrøysting: Fylkesrådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. 4.5 Formidlingssenter på tusenårsstaden Gulatinget Det vert opna for Gulen kommune kan gå vidare med prosjektet «Formidlingssenter på tusenårsstaden Gulatinget» utan fylkeskommunal deltaking. Avrøysting: Fylkesrådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. 4.6 Oppfølging av ikkje of. pkt i arbeidsdokument 3/14 Finansutvalet tek orienteringa til vitande Avrøysting: Fylkesrådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. 4.7 Høyangertunnelen vidare prosess Finansutvalet tek orienteringa om tilrådd løysing for utbetringa av Høyangertunnelen til vitande. Frigjort kapital skal nyttast til å avdempe verknaden av naudsynt reduksjon i driftog vedlikehaldsposten dei næraste åra. Avrøysting: Fylkesrådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. 4.8 Ny bruforskrift Finansutvalet tek orienteringa om ny bruforskrift til vitande. Avrøysting: Fylkesrådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. 4.9 Kontrollutvalet framlegg til budsjett/økonomiplan Finansutvalet tek innspela frå kontrollutvalet til vitande. Dei økonomiske konsekvensane av budsjett-tilrådinga vert å innarbeide i framlegg til budsjett 2015/økonomiplan Avrøysting: Fylkesrådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken Innspel frå råda Finansutvalet tek innspela frå fylkesrådet for funksjonshemma og fylkesrådet for eldre til orientering. Avrøysting: Fylkesrådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Side 7 av 11

8 Møtebok Finansutvalet FØREBELS SALDERINGSUTFORDRING Framlegg til vedtak: Ap/Sp sette fram følgjande framlegg: Tilskotet til landskyttarstemnet vert auke med kr i 2015 (Samla kr inkl støtta frå kultur). Avrøysting: Framlegget vart samrøystes vedteke. &&& Fyll inn behandlingen av saken over denne linjen Dette gjev følgjande konklusjonar: &&& Fyll inn vedtaket i saken under denne linjen 1 INVESTERINGSBUDSJETTET 1.1 Bygginvesteringar Eigenkapitalinnskot i Kommunal Landspensjonskasse (KLP): Årleg kapitalinnskot til KLP på 2 mill. kr vert innarbeidd i investeringsplanen for åra Investeringa vert inansiert med eksisterande driftsmidlar til investering. Investeringa medfører eit årleg auka låneopptak 2 mill. kr for investeringsporteføljen elles. Fellesmagasin for musea: Finansutvalet ser at musea i Sogn og Fjordane har utfordringar i høve magasinkapasitet, og at dette hemmar dei i arbeidet med samlingsforvaltninga. Musea i Sogn og Fjordane vert difor beden om å kartlegge alternative måtar å løyse magasinfordringa på som kan gje ei rimelegare løysing for fylkeskommunen. Herunder skal eventuell desentralisert magasinering vurderast samt utfordringane til Sunnfjord Museum. Det vert formidla til Musea i Sogn og Fjordane at prosjektet «Kløften» er for ambisiøst i høve den økonomiske situasjonen fylkeskommunen no er komen i. I påvente av denne utgreiinga vert løyvingane til fellesmagasin førebels tekne inn att i økonomiplanen med eitt års forskyving. Investeringsprogram for bygg: Framlegg til investerings- og inansieringsprogram for bygg vert lagt til grunn for det vidare arbeidet med budsjett og økonomiplan. 1.2 Fylkesveginvesteringar Framlegg til investerings- og inansieringsprogram for fylkesvegar vert lagt til grunn for det vidare arbeidet med budsjett og økonomiplan. 2 DRIFTSBUDSJETTET JUSTERINGAR AV BASISRAMMENE 2.1 Kapitalinntekter og -utgifter Renteføresetnader: Rentesats på lån vert sett til 2,45 % i 2015, 2,50 % i 2016, 2,75 % i 2017 og 3,15 % i Rentesats på bankinnskot vert føresett 0,30 % lågare enn renta på lytande lån. Rentesats på rentekompensasjonsordningane vert føresett 0,10 % lågare enn renta på lytande lån. Renteinntekter: Side 8 av 11

9 Møtebok Finansutvalet Ny prognose for rentekompensasjonsordningane vert innarbeid i det økonomiske opplegget for budsjett 2015/økonomiplan Det vert føresett ein gjennomsnittslikviditet på 750 mill. kr i 2015, 700 mill. kr i 2016, 600 mill. kr i 2017 og 500 mill. kr i Renteinntekter på ein gjennomsnittslikviditet på 40 mill. kr vert reservert til fond der det er krav om tilbakeføring av renteinntekter på ubrukt kapital til fondet. Ny prognose for netto ordinære renteinntekter vert innarbeidd i det økonomiske opplegget for budsjett 2015/økonomiplan Kapitalutgifter: Nye føresetnader for kapitalutgiftsbelastninga vert innarbeidd i det økonomiske opplegget for budsjett 2015/økonomiplan Konsesjonskraft Finansutvalet held på alt innarbeidde prognose for konsesjonskraftinntekter som sitt framlegg i budsjett 2015/økonomiplan Tertialrapport 2/14 Her omtalte tilrådde endringar som følgje av tertialrapport 2/14 vert førebels innarbeidd i budsjett 2015 og tilhøyrande økonomiplan. Tilrådinga vert oppdatert i samsvar med endeleg vedtak i FT. 2.4 EM i vektløfting Løyvinga til EM i vektløfting vert fordelt med 0,6 mill. kr i ,5 mill. kr i Løyvinga vert inansiert med 0,3 mill. kr årleg via posten «FU til disposisjon» og resten mot den samla salderingsutfordringa. 2.5 Forsering av innsparing som følgje av strukturendringane i skulebruksplanen Innsparingar som følgje av skulebruksplanen vert fasa inn med 7,3 mill. kr i 2015 og 4,0 mill. kr i 2016 (vårefekt). Opplæring si ramme vert tilsvarande nedjustert. Frå hausten 2015 tek rammene høgde for venta innsparingar. 2.6 Omstillingstiltak for pedagogisk personale Budsjetterte omstillingsmidlar i samband med skulebruksplanen vert redusert med 9,5 mill. kr i Samferdsle auka kostnader med ny ferjekontrakt Samferdsle si basisramme vert auka med 4,5 mill. kr i 2016, 14,4 mill. kr i 2017, 17 mill. kr i 2018 og 24,5 mill. kr i Rammeauken er knytt til auka ferjekostnadar i perioden. 2.8 Kompensasjon for bortfall av diferensiert arbeidsgivaravgift Det vert føresett at staten dekker alle meirkostnadar som følgje av sektorunntaket for diferensiert arbeidsgjevaravgift innafor produksjon av transporttenester. Samferdslesektoren får tilført det faktiske beløpet som vert ytt i statstilskot. Side 9 av 11

10 Møtebok Finansutvalet INNSPEL FRÅ SEKTORANE - OPPFØLGING AV FINU SINE BESTILLINGAR 3.1 HU-sakene skisse for tilpassing til rammene for 2015/2016 Tilrådingane til hovudutvala for sektorane opplæring, plan og næring, kultur og samferdsle vert lagt til grunn i det vidare budsjettarbeidet. Det vart uttrykt i møtet at opplæringssektoren sitt innsparingstiltak «skule- og tilbodsstruktur, Hordalandsavtalen» på 1,6 mill. kr i 2016 ikkje skulle konkretiserast til Hordalandsavtalen. Finansutvalet ber om å få oversikt over kostratall frå samanliknbare fylkeskommunar på dei ulike sektorane. 3.2 Forvaltning - skisse for tilpassing til rammene for 2015/2016 Fylkesrådmannen sine tilrådingar til reduksjonstiltak i 2015/2016 for sektoren forvaltning vert lagt til grunn i det vidare budsjettarbeidet. Neste fylkesting vert redusert til 31 representantar. Fylkesutvalet får 9 medlemmar. Hovudutval: I tillegg til ire hovudutval, skal det det ein få utgreidd og kostnadsreka ulike modellar som t.d.: 1) SU som no, HO som no, HPN og Hk samanslegne 2) SU som no, HK som no, HPN og HO samanslegne Tal medlemmar i hovudutvalet vert redusert til 9 eller 7 medlemmar alt etter utvalsstrukturen. Støtte til dei politiske partia: Støtta til dei politiske partia vert redusert med 10%. Godtgjersle til folkevalde vert gjennomgått etter fastsetting av den politiske organiseringa. Det må utgreiast å legge traikktryggingsutvalet inn under samferdsleutvalet og ha personsamanfall mellom eldrerådet og rådet for personar med nedsett funksjonsevne 3.3 Tannhelse skisse for tilpassing til rammene for 2015 og 2016 Fylkesrådmannen sine tilrådingar til reduksjonstiltak i 2015/2016 for tannhelsesektoren vert lagt til grunn i det vidare budsjettarbeidet. 4 ANDRE SAKER 4.1 Inntektssystemet Finansutvalet tek orienteringa om arbeidet i høve endringar i nytt inntektssystem til orientering. 4.2 Omstillingsprosjektet SFJ 2019 Finansutvalet tek orienteringa om det administrative omstillingsprosjektet til orientering. 4.3 Investeringar i samband med skulebruksplanen svar på «bestilling» Finansutvalet tek orienteringa om FT-saka tilrådde endringar i investeringane som følgje av skulebruksplanen til orientering. Eventuelle endringar i investeringsprogrammet for bygg vert å innarbeide i etterkant av fylkestinget si handsaming av saka. Side 10 av 11

11 Møtebok Finansutvalet Omdisponering innafor opplæringsramma - teknisk endring Det vert lytta 4,2 mill. kr årleg frå «tilskot til lærebedrifter» til «utdanningsprogramma». Midlane vert øyremerka opplæring i skule. 4.5 Formidlingssenter på tusenårsstaden Gulatinget Det vert opna for Gulen kommune kan gå vidare med prosjektet «Formidlingssenter på tusenårsstaden Gulatinget» utan fylkeskommunal deltaking. 4.6 Oppfølging av ikkje of. pkt i arbeidsdokument 3/14 Finansutvalet tek orienteringa til vitande. 4.7 Høyangertunnelen vidare prosess Finansutvalet tek orienteringa om tilrådd løysing for utbetringa av Høyangertunnelen til vitande. Frigjort kapital skal nyttast til å avdempe verknaden av naudsynt reduksjon i driftog vedlikehaldsposten dei næraste åra. 4.8 Ny bruforskrift Finansutvalet tek orienteringa om ny bruforskrift til vitande. 4.9 Kontrollutvalet framlegg til budsjett/økonomiplan Finansutvalet tek innspela frå kontrollutvalet til vitande. Dei økonomiske konsekvensane av budsjett-tilrådinga vert å innarbeide i framlegg til budsjett 2015/økonomiplan Innspel frå råda Finansutvalet tek innspela frå fylkesrådet for funksjonshemma og fylkesrådet for eldre til orientering. 5 FØREBELS SALDERINGSUTFORDRING Tilskotet til landskyttarstemnet vert auke med kr i 2015 (Samla på inkl støtta frå kultur) &&& Fyll inn vedtaket i saken over denne linjen Side 11 av 11

12 Side 1 av 1 Organ: Møtestad: FINANSUTVALET Fylkeshuset - møterom Firda MØTEINNKALLING Møtedato: Tid: Medlemene blir med dette kalla inn til møtet. Eventuelt forfall må meldast til utvalssekretæren straks. Varamedlemer møter berre etter særskild innkalling. SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. / Tittel 4/14 14/321 Budsjett 2015/økonomiplan Arbeidsdokument 4/14

13 Side 1 av 26 Fylkesrådmannen Finansutvalet, møte 24.september 2014 Sakshandsamar: Eli Nes Killingrød E-post: Tlf.: Vår ref. Sak nr.: 14/ Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr /14 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, Budsjett 2015/økonomiplan Arbeidsdokument 4/14 Fylkesrådmannen vil innleiingsvis minne om at det no vert ført ordinær møteprotokoll frå finansutvalsmøta. Protokollen erstattar det faste oppsummeringspunktet innleiingsvis i dei tidlegare arbeidsdokumenta. Den offentlege møteprotokollen frå finansutvalet følgjer arbeidsdokumentet som vedlegg 1. Hovudpunkta i dette arbeidsdokumentet er: Framlegg til investeringsprogram og tilhøyrande finansieringsplan for Framlegg til justeringar i driftsbudsjettet som følgje av nye føresetnader. Hovudutvala sine innspel til finansutvalet for budsjettåra 2015/16. Presentasjon av forvaltnings- og tannhelsesektoren sine tilsvarande innspel (har ikkje eigne hovudutval). Avslutningsvis viser fylkesrådmannen eit samla oversyn over budsjettstoda før framlegget til statsbudsjett (som i år kjem 8. oktober). 1 INVESTERINGSBUDSJETTET I dette punktet vil fylkesrådmannen presentere framlegg til investeringsprogram for bygg- og veginvesteringar for perioden Programma tilsvarar gjeldande investeringsprogram justert for: framlegg til tertialrapport 2/14 (inkl. nytt prosjekt eigenkapitalinnskot KLP) finansutvalet sine konklusjonar i møtet ny tilråding frå fylkesrådmannen i høve fellesmagasinet for musea. Åra vil naturleg måtte vurderast på nytt i samband med økonomiplanarbeidet våren Bygginvesteringar Endringar som følgje av framlegg til tertialrapport 2/14 Forskyving i investeringsprosjekt forskyvd låneopptak Fylkesrådmannen tilrår gjennom denne saka å redusere investeringsbudsjettet for bygg med 65,6 mill. kr og for fylkesveg med 16,1 mill. kr i Reduksjonane kjem som følgje av ein kritisk gjennomgang av lånebehovet i inneverande år for å sikre at låneopptaket i 2014 så godt det let seg gjere er tilpassa faktisk behov i Reduksjonane representerer i hovudsak ei Fylkeshuset Askedalen LEIKANGER Tlf.: Bankgiro: Org.nr.: NO MVA

14 Side 2 av 26 forskyving av løyvingar til seinare år, men all forskyving av låneopptak fram i tid vil gje reduserte kapitalutgifter og slik sett salderingsvinstar på kort sikt. Vidare har fylkesrådmannen tilrådd at frigjorte driftsmidlar på 4,5 mill. kr vert nytta som finansieringskjelde på investeringsbudsjettet. Dette betyr alt i alt at samla låneopptak knytt til veginvesteringane kan reduserast med 20,6 mill. kr og låneopptaket til bygginvesteringar kan reduserast med 52,1 mill. kr i Forskyvingane i framdrift på investeringsprosjekt er innarbeidd i dei respektive framlegga til investerings- og finansieringsprogram. Eigenkapitalinnskot Kommunal Landspensjonskasse (KLP) For budsjettet i 2014 vart eigenkapitalinnskotet lagt inn i investeringsplanen i Tertialrapport 2/14. Som medeigar i KLP er det naturleg at fylkeskommunen årleg må vere å betale innskot for å oppretthalde ein tilstrekkeleg eigenkapital. Fylkesrådmannen tilrår difor at eigenkapitalinnskotet vert lagt inn som ei årleg investering, med ei ramme på 2 mill. kr. Rekneskapsmessig er dette ei investering i aksjar, og vi kan såleis ikkje lånefinansiere innskotet. Det er lagt opp til at det vert nytta driftsmidlar i investeringsplanen på 2 mill. kr årleg for å løyse finansieringa. Konsekvensen av dette er at vi tek driftsmidlar som inngår som finansiering av andre investeringsprosjekt, og vi må difor auke låneopptaket med 2 mill. kr årleg samla sett. Tilråding Årleg kapitalinnskot til KLP på 2 mill. kr vert innarbeidd i investeringsplanen for åra Investeringa vert finansiert med eksisterande driftsmidlar til investering. Investeringa medfører eit årleg auka låneopptak 2 mill. kr for investeringsporteføljen elles. Endra tilråding i høve fellesmagasin for musea Finansutvalet slutta seg i a.dok 3/14 til at innarbeidd løyving til fellesmagasin for musea vart teken ut. Dei økonomiske utfordringane for fylkeskommunen er store, og gjer det ekstra utfordrande å finne rom for investeringar i den storleik det her er snakk om. Sjølv om utsiktene er vanskelege, ser fylkesrådmannen at musea har utfordringar i høve magasinkapasiteten. Så lenge magasinutfordringa ikkje er løyst, vil musea ikkje komme vidare i si samlingsforvaltning. Eit fellesmagasin har vore føresetnaden mellom anna ved bygging av kunstmuseet i Førde. Det har også lagt som ein føresetnad at Sunnfjord Museum sine utfordringar (magasin, formidlingsareal, arbeidsplassar) skulle sjåast i samanheng med realiseringa av eit mogleg fellesmagasin. Fylkesrådmannen meiner difor at før fylkeskommunen kan konkludere endeleg i saka, bør vi gå i dialog med Musea i Sogn og Fjordane med tanke på å få vurdert ei tilstrekkeleg, men vesentleg rimelegare løysing. Eitt av alternativa som må vurderast i denne samanheng er desentralisert magasinering. For å kunne få gjort naudsynte vurderingar, vil fylkesrådmannen tilrå at løyvinga til fellesmagasinet førebels vert lagt inn att med eventuell oppstart i 2016 (forskyvd med 1 år). Det bør difor arbeidast vidare med dei økonomiske avklaringane og vurdering av alternative løysingar fram til handsaminga av økonomiplanen for i juni Musea i Sogn og Fjordane har bedt om ei avklaring om fylkeskommunen si evne til å bidra i det planlagte prosjektet «Kløften», jf vedlegg 2. Fylkesrådmannen meiner at vi alt no bør signalisere at dette prosjektet er for ambisiøst sett i høve til den økonomiske situasjonen i fylkeskommunen.

15 Side 3 av 26 Tilråding Finansutvalet ser at musea i Sogn og Fjordane har utfordringar i høve magasinkapasitet, og at dette hemmar dei i arbeidet med samlingsforvaltninga. Musea i Sogn og Fjordane vert difor beden om å kartlegge alternative måtar å løyse magasinfordringa på som kan gje ei rimelegare løysing for fylkeskommunen. Herunder skal eventuell desentralisert magasinering vurderast. Det vert formidla til Musea i Sogn og Fjordane at prosjektet «Kløften» er for ambisiøst i høve den økonomiske situasjonen fylkeskommunen no er komen i. I påvente av denne utgreiinga vert løyvingane til fellesmagasin førebels tekne inn att i økonomiplanen med eitt års forskyving. Investeringsprogram for bygg Prosj. nr Faste 2014-kr SUM I PERIODEN Forvaltning 45,6 11,4 11,4 11,4 11,4 IT001 IKT-investeringar 16,0 4,0 4,0 4,0 4,0 O2M01 "Miljøprosjekt" - ufordelt 21,6 5,4 5,4 5,4 5,4 EK001 Eigenkapitalinnskot KLP 8,0 2,0 2,0 2,0 2,0 Opplæring 389,9 115,4 145,2 75,0 54,3 OR200 Ombygging/Rehabilitering/Sikring/Brann 71,0 15,0 17,0 19,0 20,0 IU200 Utstyr 52,0 13,0 13,0 13,0 13,0 PC002 PC-ordninga 24,3 5,9 6,6 5,9 5,9 Konsekvensar av skulebruksplanen - NY001 ufordelt 84,8 34,6 27,0 7,8 15,4 NY232 Mo og Jølster - vassforsyning 1,5 1,5 NY233 Måløy vgs - gangveg 1,5 1,5 NY224 Sogndal vgs - byggesteg II 127,7 28,4 70,0 29,3 NY225 Sogndal Idrettshall - rehabilitering 27,0 17,0 10,0 Tannhelse 16,0 4,0 4,0 4,0 4,0 TA300 Oppgradering av tannklinikkar 16,0 4,0 4,0 4,0 4,0 Samferdsle 14,1 9,4 4,7 SA001 Elektronisk billettering 14,1 9,4 4,7 Kultur 60,9 3,4 20,0 37,5 KU002 Fellesmagasin for musea 60,9 3,4 20,0 37,5 SUM INVESTERINGAR 526,5 130,8 173,4 115,1 107,2 Tilhøyrande finansieringsplan FINANSIERING SUM I PERIODEN Mva 103,6 25,8 34,1 22,6 21,0 Drifts-midlar 29,9 14,6 6,3 4,5 4,5 Buffer-fondet 2,7 0,0 2,7 0,0 0,0 Div ubundne fond 10,9 3,7 0,0 7,2 0,0 Andre tilskot 11,6 2,9 2,9 2,9 2,9 Låne-midlar 367,8 83,8 127,3 77,8 78,8 SUM FINANSIERING 526,5 130,8 173,4 115,1 107,2

16 Side 4 av 26 Tilråding Framlegg til investerings- og finansieringsprogram for bygg vert lagt til grunn for det vidare arbeidet med budsjett og økonomiplan. 1.2 Fylkesveginvesteringar Investeringsprogram for fylkesvegar Prosjekt Sum Store prosjekt 15,1 0,0 0,0 25,0 40,1 Førdepakken Mva ref.ikkje fordelt på år 25,0 25,0 Fv. 609 Dalsfjordsambandet (sluttføring) 5,0 5,0 Fv. 616 Bremangersambandet 3,8 3,8 Fv. 60 Olden-Innvik, parsell Agjeld-Ugla (sluttføring) 6,3 6,3 Mindre utbetringar 24,3 27,5 31,6 0,0 83,4 Fv. 243 Aurland-Stegastein (ref.forskot) 4,0 4,0 8,0 Fv. 365 Pilestredet bru 6,2 6,2 Fv. 542 Osstrupen bru 14,1 14,1 Fv. 31 Daløy ferejekai utbetring 13,3 13,3 Fv. 633 Rasoverbygg Kleiva 10,2 30,7 40,9 Avslutning av diverse prosjekt (ufordelt) 2,0 Gang- og sykkelvegar 28,3 1,3 1,3 1,3 32,2 Fv. 545 Kinnvegen (sluttføring) 27,0 27,0 Fv. 546 Brandsøyvegen 1,3 1,3 1,3 1,3 5,2 Trafikktryggingstiltak 8,0 8,0 8,0 8,0 32,0 Miljø- og servicetiltak 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 Kollektivtrafikktiltak 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 Planlegging og prosjektering 3,0 1,5 0,8 0,0 5,3 Til fordeling vegsektoren 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 SUM 78,7 38,3 40,8 34,3 192,1 Tilhøyrande finansieringsplan Finansieringsplan Sum Driftsmidlar 16,3 11,8 13,3 7,8 49,2 Refusjon av mva. 13,3 6,0 7,0 1,5 27,8 Fondsmidlar 3,0 20,5 20,5 44,0 Lånemidlar 46,1 46,1 Førdepakken (lånemidlar) 25,0 25,0 Sum 78,7 38,3 40,8 34,3 192,1

17 Side 5 av 26 Tilråding Framlegg til investerings- og finansieringsprogram for fylkesvegar vert lagt til grunn for det vidare arbeidet med budsjett og økonomiplan. 2 DRIFTSBUDSJETTET JUSTERINGAR AV BASISRAMMENE 2.1 Kapitalinntekter og -utgifter I dette punktet gjer fylkesrådmannen ei vurdering av tilrådde renteføresetnader som vert lagt til grunn for berekning av kapitalinntektene og -utgiftene i planperioden. Deretter vert berekna kapitalinntekter og utgifter presenterte. Renteføresetnader Fylkesrådmannen vil tilrå at rentenivået i planperioden vert fastsett slik: Rentesats på lån: Noregs Bank si forventa styringsrente ved inngangen av året + 1,00 % - poeng. Rentesats på innskot: 0,30 % -poeng lægre enn renta på lån. Rentesats på rentekompensasjonsordningane: 0,1 % -poeng lægre enn renta på lån. Desse føresetnadane er i samsvar med gjeldande økonomiplan med unntak av rentesatsen på innskot. Denne vert tilrådd justert med 0,2 % poeng. Grunngjevinga for dette er at fylkeskommunen det siste året oppnådd rentevilkår som har vore betre enn budsjettert rente. Sjølv om bankane si evne og vilje til å «betale godt» for innskot er dårlegare, har vi framleis grunn til å tru at kan oppnå gode rentevilkår på likviditeten. Ny hovudbankavtale bidrar også positivt for oss i denne samanheng. Med utgangspunkt i Noregs Bank si gjeldande rentebane og forventa styringsrente pr. 11. september 2014 vert det lagt opp til å nytte slike renteføresetnader i komande planperiode: Lånerente 2,45 % 2,50 % 2,75 % 3,15 % Innskotsrente 2,15 % 2,20 % 2,45 % 2,85 % Rentekompensasjonsordningar 2,35 % 2,40 % 2,65 % 3,05 % Med desse renteføresetnadane vil rentenivået reduserast i høve gjeldande økonomiplan. Reduksjonen i lånerenta er på 0,15 % i 2015, 0,7 % i 2016 og heile 0,9 % i Forventninga om betre innskotsrente gjer at rentenivået aukar i For åra vert innskotsrenta noko redusert på grunn av nedjustering av Noregs Bank si rentebane. Neste rentemøte i Noregs Bank er 18. september I dette møtet vert det også lagt fram ein ny pengepolitisk rapport. Om det i dette møtet vert vesentlege endringar i styringsrenta og rentebana vil fylkesrådmannen ta omsyn til dette i neste arbeidsdokument. Tilråding Rentesats på lån vert sett til 2,45 % i 2015, 2,50 % i 2016, 2,75 % i 2017 og 3,15 % i Rentesats på bankinnskot vert føresett 0,30 % lågare enn renta på flytande lån. Rentesats på rentekompensasjonsordningane vert føresett 0,10 % lågare enn renta på flytande lån.

18 Side 6 av 26 Renteinntekter Rentekompensasjon til investering i skulebygg og til transporttiltak Prognosen for rentekompensasjon vert nedjusert i høve gjeldande økonomiplan. Det er to grunnar til dette, lægre renteprognosar og lågare kompensasjonsgrunnlag. Rentenivåa er vesentleg nedjustert og dette får særleg utslag i åra Ny prognose for dei to rentekompensasjonsordningane vert vist i tabellen under Rentekomp. for skulebygg, jf nye føresetnader 3,5 3,2 3,1 3,2 Rentekomp. for skulebygg, jf gjeldande øk.plan 3,7 4,1 4,2 4,2 Rentekomp. for transporttiltak, jf nye føresetnader 16,1 16,8 18,3 21,1 Rentekomp. for tansporttiltak jf. gjeldande øk. plan 18,3 25,2 32,0 32,0 Sum endring -2,4-9,3-14,8-11,9 Ordinære renteinntekter Gjennomsnittslikviditeten har det siste året vorte oppjustert. Erfaringane frå 2014 tilseier at vi no er om lag på budsjettert nivå ein gjennomsnittslikviditet på 800 mill.kr. Fylkesrådmannen legg til grunn at dette nivået er noko høgt, og det er grunn til å tru at lægre inntekter framover vil vere med å redusere gjennomsnittslikviditeten. I 2015 vert nivået sett til 750 mill. kr. Fylkesrådmannen legg til grunn gradvis nedtrapping i planperioden slik: 2015: 750 mill. kr 2016: 700 mill. kr 2017: 600 mill. kr 2018: 500 mill. kr Dei nye renteføresetnadane gjev følgjande utslag på netto budsjetterte renteinntekter i planperioden: Ordinære renteinntekter, jf nye føresetnader 14,9 13,7 12,5 11,7 Ordinære renteinntekter, jf gjeldande øk.plan 14,5 15,5 14,6 14,6 Sum endring 0,4-1,8-2,1-2,9 Nokre fond/tilskotsordningar har krav om at renteinntekter på unytta kapital i året skal leggjast til fondet/tilskotsordninga. Det vert lagt til grunn ein snittlikviditet på 40 mill. kr på desse fonda i planperioden. Estimerte renteinntekter på denne kapitalen er trekt ut av oppsettet i tabellen over. Tilråding Ny prognose for rentekompensasjonsordningane vert innarbeid i det økonomiske opplegget for budsjett 2015/økonomiplan Det vert føresett ein gjennomsnittslikviditet på 750 mill. kr i 2015, 700 mill. kr i 2016, 600 mill. kr i 2017 og 500 mill. kr i Renteinntekter på ein gjennomsnittslikviditet på 40 mill. kr vert reservert til fond der det er krav om tilbakeføring av renteinntekter på ubrukt kapital til fondet. Ny prognose for netto ordinære renteinntekter vert innarbeidd i det økonomiske opplegget for budsjett 2015/økonomiplan

19 Side 7 av 26 Kapitalutgifter Kapitalutgiftene er berekna utifrå endringane på investeringsporteføljane sett i mot vedteke budsjett. Det er skjedd relativt store endringar, mellom anna er Olden-Innvik teke ut. Det er nytta innarbeidde faktorar for kapitalutgifter, 1/12 og 1/17 for høvesvis bygg- og veginvesteringar. Fylkesrådmannen vil sjå nærare på om faktorane gjev presise estimat ved store svingingar i låneporteføljane. Dette vert vurdert fram mot neste arbeidsdokument. Ut frå gjeldande føresetnader vert kapitalutgiftene i perioden endra slik: Kap. utgifter - vedtekne invest. - gjeldande øk. plan 191,7 212,1 226,7 226,7 Endring kap utg. veginvest. jf. nye føresetnader -4,6-10,4-15,2-18,4 Endring kap utg. bygginvest. jf. nye føresetnader -3,8-7,8-11,3-14,8 Sum kapitalutgifter jf. nye føresetnader 183,3 193,9 200,2 193,5 Reduksjonen i kapitalutgifter er akkumulerande i perioden som følgje av prosjekt som er tekne ut av investeringsplanen og til dels grunna tidsforskyvingar for nokre prosjekt. Tilråding: Nye føresetnader for kapitalutgiftsbelastninga vert innarbeidd i det økonomiske opplegget for budsjett 2015/økonomiplan Konsesjonskraft Budsjett/økonomiplan etter a.dok 3/14 51,9 44,2 37,5 38,7 Ny prognose T2/14 55,2 48,4 44,3 43,0 Endring 3,3 4,2 6,8 4,3 Den nye konsesjonskraftprognosen pr. 2. tertial 2014 er basert på marknadsprisar og valutakurs per 3. september Den tek også utgangspunkt i at volumet som fylkeskommunen disponerer held seg konstant på 373 GWh i heile planperioden. Prisutvikling Frå førre rapporteringstidspunkt, T1/14, har prisane på elektrisk kraft betra seg litt i heile planperioden. Vi erfarer at kraftprisane varierer mykje gjennom året. No har vi lagt bak oss ein forholdsvis tørr ver-periode i Sør-Noreg som kan ha påverka prisane oppover. Volumutvikling Det kraftvolumet som fylkeskommunen disponerer er avhengig av totalt volum på konsesjonskraft som NVE reknar ut, samt kor mykje kommunane tek ut til eige bruk. Det totale volumet som NVE reknar ut, vil stort sett ligge konstant dersom vi ikkje får ny kraftutbygging. Volumet som kommunane nyttar til alminneleg forbruk i sin kommune syner seg å variere noko meir. For dei fem kommunane Luster, Vik, Aurland, Lærdal og Bremanger, har det i snitt vore ein årleg vekst i forbruket på om lag 2,4 % i perioden frå 2011 til Kor vidt denne veksten i kommunalt forbruk vil fortsette framover, er usikkert. Vår føresetnad om eit konstant volum i økonomiplanperioden, kan på bakgrunn av ovannemnde vere noko optimistisk. På den andre sida, ligg det ei oppside i litt høgare kraftprisar i haust. Men, med den usikkerheit som ligg både i volum og prisutvikling, meiner fylkesrådmannen at det ikkje

20 Side 8 av 26 er grunnlag for å justere opp inntektsnivået i økonomiplanperioden no. Med grunnlag i dette tilrår fylkesrådmannen at alt innarbeidd prognose på konsesjonskraftinntektene vert nytta som finansutvalet sitt framlegg i budsjett 2015/økonomiplan Tilråding Finansutvalet held på alt innarbeidde prognose for konsesjonskraftinntekter som sitt framlegg i budsjett 2015/økonomiplan Tertialrapport 2/14 Konsekvensar av tilrådde vedtak i tertialrapport 2/14 vert innarbeidd slik: Tilskot til lærebedrifter vert auka med 1,0 mill. kr årleg Budsjettet for fagprøvar vert auka med 1,0 mill. kr årleg Fellesutgifter for skulane lisensavtalar vert auka med 0,1 mill. kr årleg For nærare omtale vert det vist til tertialrapport 2/14 og tilhøyrande saksframstilling. Denne saka går parallelt med arbeidsdokumentet, og skal vedtakast i fylkestinget i oktober. Tilråding Her omtalte tilrådde endringar som følgje av tertialrapport 2/14 vert førebels innarbeidd i budsjett 2015 og tilhøyrande økonomiplan. Tilrådinga vert oppdatert i samsvar med endeleg vedtak i FT. 2.4 EM i vektløfting Som ei oppfølging av arbeidsdokument 3/14 har fylkesrådmannen innarbeidd løyvinga til EM i vektløfting i budsjettrammene. Løyvinga er på 1,1 mill. kr, og kan fordelast på åra 2015 og Utifrå dette legg fylkesrådmannen opp til at det vert løyvd 0,6 mill. kr i 2015 og 0,5 mill. kr i Løyvinga er førebels finansiert med 0,3 mill. kr årleg via posten «FU til disposisjon» og reseten mot den samla salderingsutfordringa. Det vil etter dette stå att 0,2 mill. kr/år i åra på «FU til disposisjon». Tilråding Løyvinga til EM i vektløfting vert fordelt med 0,6 mill. kr i ,5 mill. kr i Løyvinga vert finansiert med 0,3 mill. kr årleg via posten «FU til disposisjon» og resten mot den samla salderingsutfordringa. 2.5 Forsering av innsparing som følgje av strukturendringane i skulebruksplanen Strukturendringane som følgje av skulebruksplanen vart iverksett frå hausten Det har vore knytt stor uvisse til dei økonomiske konsekvensane av strukturendringane på kort sikt. Det er difor i gjeldande økonomiplan fram til hausten 2016 berre lagt inn ein reduksjon i budsjettet tilsvarande reduksjon av opplæringstilbodet med to grupper frå hausten 2014 og to grupper frå hausten Det er ikkje budsjettert med innsparingar som følgje av strukturendringane før hausten I samband med tertialrapport 2/14 er det frå hausten 2014 berekna ei samla årleg innsparing på 7,3 mill. kr som følgje av strukturendringane i skulebruksplanen. Innsparingane fordeler seg slik på tenester:

21 Side 9 av 26 Teneste Utgifter til lokale -1,7-0, Forvaltning og fellesutgifter -2,3-1, Pedagogisk leiing mv./5210 Utdanningsprogramma -3,3-1,8 Sum -7,3-4,0 Fylkesrådmannen rår til at budsjettet for 2015 og 2016 (effekten for våren) vert redusert etter fordelinga i tabellen over. Frå hausten 2016 er innsparingskravet knytt til skulebruksplanen innarbeidd i den økonomiske ramma for opplæringssektoren. Tilråding Innsparingar som følgje av skulebruksplanen vert fasa inn med 7,3 mill. kr i 2015 og 4,0 mill. kr i 2016 (våreffekt). Opplæring si ramme vert tilsvarande nedjustert. Frå hausten 2015 tek rammene høgde for venta innsparingar. 2.6 Omstillingstiltak for pedagogisk personale I samband med gjennomføring av skulebruksplanen vart det i 2015 sett av om lag 20,7 mill. kr til omstillingstiltak for pedagogisk personale. Det er stor uvisse knytt til behovet for omstillingsmidlar. Ut frå erfaringa med omstillingsarbeidet i 2014 rår fylkesrådmannen likevel til at løyvinga til omstillingsmidlar i 2015 vert redusert med 9,5 mill. kr. Dette talet byggjer på dei erfaringar vi så langt har gjort. Tilråding Budsjetterte omstillingsmidlar i samband med skulebruksplanen vert redusert med 9,5 mill. kr i Samferdsle auka kostnader med ny ferjekontrakt I arbeidsdokument 3/14, pkt. 9.1, vart det orientert om prisnivå på ny ferjekontrakt. Pr. i dag er det eitt samband, Daløy Haldorsneset, som ikkje er utlyst med ny kontrakt. I anbodet var det lagt til grunn ei vidareføring av gjeldande ruteproduksjon samt nasjonal ferjemal i høve til standard og krav til materiell. Den nye kontrakten skal fasast inn i perioden Berekningar på ferjekostnadar for åra syner ein kostnadsvekst på om lag 35,5 mill. kr frå 99,5 mill. kr i 2015 til 135 mill. kr i I tillegg vil det vere eit investeringsbehov på kaiene på mill. kr i løpet av Investeringsbehovet er innarbeidd i investeringsplanen for vegsektoren. I gjeldande økonomiplan er det alt føreteke ei intern omdisponering innafor sektoren sine rammer for å kunne møte auka ferjekostnadar som følgje av nytt ferjeanbod. Trass i dette vil det nye ferjeanbodet krevje ytterlegare auke i løyvinga til ferjedrift frå 2016 slik: 2016: 4,5 mill. kr 2017: 14,4 mill. kr 2018: 17,0 mill. kr 2019: 24,5 mill. kr Då auken i stor grad skuldast ein generell prisauke på ferjedrift som sektoren ikkje kan påverke, og det at sektoren alt har rydda plass for deler av kostnadsauken innafor eigne rammer, tilrår fylkesrådmannen at samferdslesektoren får styrka si basisramme med 4,5 mill. kr aukande til 24,5 mill. kr i 2019.

22 Side 10 av 26 Tilråding Samferdsle si basisramme vert auka med 4,5 mill. kr i 2016, 14,4 mill. kr i 2017, 17 mill. kr i 2018 og 24,5 mill. kr i Rammeauken er knytt til auka ferjekostnadar i perioden. 2.8 Kompensasjon for bortfall av differensiert arbeidsgivaravgift EU og ESA har endra regelverket for regionalstøtte og i samband med dette måtte regjeringa endre ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift (DAA) med verknad frå 1. juli Dei største endringane knytt til DAA er at: - fleire kommunar innafor ordninga med DAA - fleire sektorunntak, dvs at arbeidsgjevarar innafor desse sektorane ikkje kan nytte DAA. Regjeringa har innført fleire kompenserande tiltak for å reduserer den negative effekten av avgiftsauken knytt til sektorunntaka. For fylkeskommunane er det sektorunntaket knytt til produksjon av transporttenester som gjev meirkostnadar. I høve inngåtte kontraktar kan desse ekstrakostnadane for transportselskapa veltast over på fylkeskommunen. Basert på innspel frå fylkeskommunane har regjeringa estimert at ekstrakostnadane på landsbasis vert om lag 132 mill. kr i Det endelege kompensasjonsbeløpet, samt vår del av denne, vert først kjent ved framlegg til statsbudsjettet 2015 i oktober. Regjeringa har uttalt at fylkeskommunane skal få full kompensasjon for sine meirkostnadar som følgje av sektorunntaka. Vi tolkar dette slik at endringane i DAA vert eit «nullsum spel». Fylkesrådmannen har ikkje innarbeidd nokon økonomiske konsekvensar knytt til dette i det økonomsike opplegget så langt. Tilråding Det vert føresett at staten dekker alle meirkostnadar som følgje av sektorunntaket for differensiert arbeidsgjevaravgift innafor produksjon av transporttenester. Samferdslesektoren får tilført det faktiske beløpet som vert ytt i statstilskot. 3 INNSPEL FRÅ SEKTORANE - OPPFØLGING AV FINU SINE BESTILLINGAR Den store varsla reduksjonen i framtidige inntekter vil føre til at heile den fylkeskommunale verksemda må vurderast. Dette arbeidet er omfattande og vil ta tid. Finansutvalet vedtok som følgje av dette å dele den vidare budsjettprosessen opp slik: Prosess Budsjett 2015 Rammer for 2015 i finansutvalet Detaljbudsjett 2015 i hovudutvala sept. 14 Slutthandsaming i Fylkestinget des. 14 Budsjett 2016 Rammer for 2016 i finansutvalet Skisse til naudsynte tiltak i hovudutvala sept. 14 Vedtak i Fylkestinget des.14 Ev. utgreiingar og implement. i 2015 Økonomiplan Prosessvedtak i finansutvalet Hovudutvala vert utfordra oktober og november 14 Saldering av økonomiplan teknisk i FT des. 14 Økonomiplanarbeid våren 2015 Vedtak i fylkestinget juni 2015

23 Side 11 av 26 Som ein konsekvens av denne oppdelinga er bestillinga til hovudutvala no i haust todelt; Til dette møtet i finansutvalet skal hovudutvala vise korleis sektoren på best mogleg måte kan tilpasse seg følgjande rammeutfordringar på kort sikt: Forvaltning Opplæring -3-5 Tannhelse -3-3 Plan og næring -3-5 Kultur -3-5 Samferdsle Sum utgreiingsrammer Med bakgrunn i hovudutvala sine framlegg skal finansutvalet i møtet 24. september drøfte den kortsiktige tilpassinga til skisserte rammeutfordringar ( ). Dei administrative tilrådingane i hovudutvalssakene følgjer som vedlegg 3 a-d til dette dokumentet. Hovudutvala sine endelege tilrådingar vert lagt fram i finansutvalsmøtet (hovudutvala har sine møte dagen før finansutvalsmøtet). Først i slutten av oktober skal hovudutvala kome med framlegg til kva område som skal nærare utgreiast for å oppnå innsparingar på lang sikt. Finansutvalet har fastsett følgjande utgreiingsrammer for sektorane: Forvaltning 30 Opplæring 88 Tannhelse 11 Plan og næring 11 Kultur 17 Samferdsle 130 Sum utgreiingsrammer 287 Hovudutvala sine framlegg til utgreiingsområde skal først drøftast i finansutvalet 5. november, og skal vedtakast som ein del av budsjettet i desember Sjølve utgreiingane vert gjort våren 2015, med sikte på å gjere retningsgjevande innsparingsvedtak i økonomiplanen i juni HU-sakene -skisser for tilpassing til rammeutfordringane i 2015 og 2016 I dette punktet oppsummerar fylkesrådmannen dei administrative tilrådingane i hovudutvalssakene når det gjeld tilpassing til rammeutfordringane på kort sikt. For nærare gjennomgang av dei enkelte tiltaka vert det vist til dei respektive saksframstillingane til hovudutvala. Desse følgjer arbeidsdokumentet som vedlegg 3. Hovudutvala sine vedtak i sakene vert lagt fram i finansutvalsmøtet. Når det gjeld sektoren plan og næring, vil den administrative tilrådinga bli supplert med eit eige punkt som gjev ei eksplisitt oppstilling av korleis sektoren tilpassar seg rammeutfordringane i 2015/16. Oppstillinga er teken med i tabellen under.

24 Side 12 av Opplæring -3,0-5,0 Jordbruksskulegardar (ufordelt løyving) -0,4-0,4 Tilskot til vaksenopplæringsforbundet (VOFO) -0,2-0,2 Spissa idrettstilbod vidaregåande opplæring for potensielle idrettsutøvarar Midlar til pedagogisk utviklingsarbeid -0,5-0,5 Ananlyse av elev- og lærlingeundersøking -0,3-0,2 Skule- og tilbodsstruktrur, Hordalandsavtalen -1,6 Digital satsing - kompetanseutvikling -1,0-1,0 Fagnettverk -0,2-0,2 Gratis læremiddel/pc-ordninga -0,4-0,9 Plan og næring -3,0-5,0 Kommunale næringsfond -1,7 Innovasjon Norge -2,3-2,0 Reiseliv -0,1 Tettstadforming -0,7-0,9 Klima og miljø -0,1-0,1 Folkehelse -0,2 Kultur -3,0-5,0 Bokbåten -0,6-1,3 Fylkesmusikarordninga -0,9-0,9 Kultur og helse -0,2-0,5 Den kulturelle skulesekken -0,1 Tilskot til regionale kulturinstitusjonar -0,5 Tilskot til Sogn og Fjordane idrettskrins -0,1 Kulturmidlar -0,9-0,9 Administrasjon - andre kulturaktivitetar -0,4-0,7 Samferdsla -24,0-84,0 Uføresette hendringar på fylkesvegnettet -15,0-15,0 Drift og vedlikehald på fylkesveg -7,5-56,4 Ruteproduksjon - buss -1,5-7,2 Ruteproduksjon - båt -3,4 Fylkesvegferjer -2,0 Sum spesifisert på sektorane med eigne hovudutval -33,0-99,0 Forvaltning (sjå pkt 3.2) -8,0-12,0 Tannhelse (sjå pkt 3.3) -3,0-3,0 Sum spesifiset gjennom dette arbeidsdokumentet -11,0-15,0 Samla fordelt salderingsutfordring -44,0-114,0 Tilråding Tilrådingane til hovudutvala for sektorane opplæring, plan og næring, kultur og samferdsle vert lagt til grunn i det vidare budsjettarbeidet.

25 Side 13 av Forvaltning - skisse for tilpassing til rammene for 2015/2016 Dette framlegget byggjer på skissa i arbeidsdokument 3/14 til finansutvalet for denne sektoren. Det et gjort nokre endringar som er turvande etter nye fakta og for å tilpasse framlegget til dei rammene som finansutvalet vedtok. Dei viktigaste endringane er: Reduksjonen for administrasjonen er auka med 2,4 mill. kr til 4,9 mill. kr i Reduksjonen for administrasjonen er auka med 1,9 mill. kr til 7,1 mill. kr i Reduksjonen for politisk styring er redusert med 3,6 mill. kr til 7,2 mill. kr i Forvaltning og fellesutgifter B -14 Red. B-15 Red. B Politisk styring 50,9 5,4 7, Utgifter til fylkesting, utval og ordførar 15,0 0,0 1, Partistønad 4,4 1,4 1, Diverse råd og utval 1,5 0,0 0, Til disposisjon for utvala 5,0 4,0 4, Innsparingskrav på sektorane 0,0 0,0 0, Avsett til løns- og prisvekst 25,0 0,0 0,0 410 Kontrollutval 4,4 0,0 0, Kontrollutvalet og revisjon 4,4 420 Administrasjon 145,8 4,9 7, Administrasjon *)109,7 1,5 3, Personalretta tiltak 7,3 2,4 2, Tillitsvalde og verneombod 3,3 0,2 0, Interne støtteeiningar 25,5 0,8 0,8 421 Forvaltningsutgifter eigedomsforvaltninga 7,5-0,3-0, Bygg- og eigedomsforvaltning 6,1 0,0 0, Bygg- og bilforsikring 2,0 0,0 0, Utleigebygg -0,6-0,3-0,3 430 Administrasjonslokale 6, Administrasjonslokale 6, Tenester utanom ordinært FK ansvarsområde 0,7 0,0 0, Diverse tilskot 0,7 0,0 0,0 480 Diverse fellesutgifter 7,0-2,0-2, Juridiske honorar mm. 1,3-2,0-2, Personalforsikringar 0,9 0,0 0, Folkehelsearbeid 4,8 SUM 222,6 8,0 12,0 *) Nivået på 420 administrasjonen inkluderer dei delane av sektoradministrasjonen som er ført på dei respektive sektorbudsjetta. Tala for 2014 viser nettoutgifter i vedteke budsjett for dei einskilde programområda.

26 Side 14 av 26 Tala for 2015 viser framlegg til reduksjon i høve budsjett Tala for 2016 viser framlegg til reduksjon i høve budsjett Tekstleg omtale av innhaldet i tabellen 400 Politisk styring Fylkesutvalet drøfta dette i møte den 18. august og fylgjande vart ført i protokollen under sak 93/14, skriv og meldingar: «3. Tal representantar i FT og storleiken på partistønaden. Gruppeleiarane set i gang arbeidet. Gruppeleiarane ynskjer ei økonomisk vurdering av innsparingane ved redusert tal representantar». Fylkesrådmannen har utarbeidd slik økonomisk vurdering som er sendt gruppeleiarane som eige notat. Etter 7 i kommunelova skal fylkeskommunar som har eit folketal på mindre enn innbyggarar ha eit fylkesting på minst 19 medlemer. Fylkestinget er i dag på 39 medlemer. Etter 8 i kommunelova skal talet på medlemer vere minst 5 i fylkesutvalet. Talet på medlemer i dei 4 hovudutvala vert vedteke av fylkestinget, og det er no 9 medlemer i kvart utval. Med grunnlag i rekneskapen for 2013 og rekneskapen så langt i 2014 har vi kalkulert dei gjennomsnittlege utgiftene som er knytt til kvart ordinært medlem for 2014 til: Utgift i gjennomsnitt pr. medlem i fylkestinget for 2014: kr. Utgift i gjennomsnitt pr. medlem i fylkesutvalet for 2014: kr. Utgift i gjennomsnitt pr. medlem i hovudutvala for 2014: kr. Ein modell basert på 31 medlemer i fylkestinget, 7 medlemer i fylkesutvalet og 7 medlemer i kvart av hovudutvala vil gi ei kalkulert innsparing på om lag 1,8 mill. kr i høve dagens nivå. I dette budsjettframlegget er dette alternativet lagt inn, med ei innsparing på 1,7 mill. kr frå og med Dersom det vert konkludert med ei anna løysing, etter at gruppeleiarane har avslutta sitt arbeid, må denne løysinga innarbeidast. Tilskot til dei politiske partia Fylkestinget vedtok i sak 29/06 Tilskot til dei politiske partia på fylkestinget, ei frivillig ordning med tilskot til dei folkevalde gruppene i fylkestinget (partistønad). Vedtaket i saka lyder: «Fylkeskommunen skal ha slik ordning med årlege tilskot til dei folkevalde gruppene i fylkestinget: 1. Stemmestøtte som skal ytast med eit likt kronebeløp pr stemme oppnådd ved siste fylkestingval. Grunnstøtte som skal ytast som eit likt kronebeløp til dei partia som ved siste fylkestingval fekk minst 4 % av stemmene i fylket eller som fekk innvald minst ein representant på fylkestinget. 2. Av den samla partistøtta skal 85 % fordelast som stemmestøtte og 15 % som grunnstøtte. 3. Den årlege ramma for tilskota og kronebeløpa vert fastsette av fylkestinget i Årsbudsjettet» I saksførelegg i fylkestingsaka står det ma.: «Partilova pålegg ikkje fylkeskommunane plikt til å gi støtte til dei folkevalde gruppene i

27 Side 15 av 26 fylkestinget. Men dersom det skal givast støtte, så skal støtta givast forholdsmessig etter oppslutnaden ved valet. Fylkestinget må no ta stilling til om ein framleis skal ha ei ordning med støtte til dei folkevalde gruppene i fylkestinget, og kva omfang støtta skal ha. Vidare må det avgjerast om støtta skal bestå av gruppestøtte og representantstøtte som tidlegare, eller som stemmestøtte og grunnstøtte slik ordninga no er for det statlege tilskotet. Stemmestøtta skal ytast med eit likt kronebeløp pr stemme oppnådd ved siste fylkestingval. Grunnstøtta skal ytast som eit likt kronebeløp til parti som ved siste fylkestingval fekk minst 4 % av stemmene i fylket eller som fekk innvald minst ein representant på fylkestinget. Eg rår til at fylkestinget vel ei ordning med stemmestøtte og grunnstøtte som tilsvarar den statlege ordninga som er fastsett i partilova 12. Vidare rår eg til at den årlege ramma for tilskota og kronebeløpa vert fastsett av fylkestinget i årsbudsjettet. Det er i budsjett 2006 sett av mill. kroner til dette.» Løyvinga i 2014-budsjettet er på 4,4 mill. kr. Det er i dette framlegget lagt inn ein reduksjon på 1,4 mill. kr til 3 mill. kr. frå og med Ei løyving på 3 mill. kr svarar til løyvinga i 2006 justert opp med veksten i konsumprisindeksen til Fylkesrådet for eldre og Fylkesrådet for funksjonshemma er lovpålagde organ, men fylkestinget kan bestemme at det skal vere personsamanfall og samtidige møte i dei to råda. Råda har i dag 5 medlemer kvar. Fylkesråda disponer i dag til saman 0,24 mill. kr til drift av råda. Gjennomsnittleg kostnad pr. ordinært medlem er kalkulert til om lag kr pr. år. Ved oppretting av «felles råd» på 5 medlemer kan det samla driftsbudsjettet halverast til 0,12 mill. kr. «Felles råd» er lagt inn i dette budsjettframlegget. Løyvinga til disposisjon for fylkesutvalet og hovudutvala er ikkje lovpålagde. Det er her lagt inn ein reduksjon på 4 mill. kr til ei løyving på 1 mill. kr i Kontrollutval Kontrollorgana inngår som ein del av sektoren forvaltning. I tråd med vanleg praksis kjem ikkje fylkesrådmannen med tilråding på dette saksfeltet. Kontrollutvalet vurderer eige tenesteområde. Kostnadane som er lagt inn i tabellen over er derfor utan endringar. Kontrollutvalet si eiga vurdering av budsjett 2015/økonomiplan følgjer arbeidsdokumentet som vedlegg. Slik fylkesrådmannen ser det bør finansutvalet no drøfte det nivået som ligg til Kontrollutvalet. Ev endringar i dette må kome i FT. 420 Administrasjon Sentraladministrasjonen Som ein del av utgreiingsarbeidet for å nå dei langsiktige innsparingane for må dimensjoneringa av sentraladministrasjonen vurderast. Dette vil bli gjort når vi ser kva oppgåveendringar som vert aktuelle på ulike sektornivå. Når dette er avklart i fylkestinget, må administrasjonen tilpassast dei nye oppgåvene og dei nye økonomiske rammene. Inntil dette er avklara, vil fylkesrådmannen halda nokre stillingar vakante for å ha handlingsrom for dei framtidige endringane. Det er difor lagt inn ei innsparing på 1,5 mill. kr. i 2015 auka til 3,6 mill. kr i Desse innsparingane kjem i tillegg til den innsparinga som vart vedteken i Budsjett 2014/økonomiplan , på høvesvis 2, 4 og 7 mill. kr for åra 2015, 2016 og Denne var ikkje relatert til reduksjon i oppgåvene. Personalretta tiltak Løyvinga til personalretta tiltak utgjer i ,3 mill. kr og femner om fellestiltak for heile organisasjonen, slik som: Opplæring, leiarutvikling, rekrutteringstiltak, kompetansekartlegging, hospitering, bedriftshelseteneste og trainee-stillingar.

28 Side 16 av 26 Det er lagt inn ein reduksjon på 2,4 mill. kr i personalretta tiltak i 2015, ned til 4,9 mill. kr. Reduksjonen er fordelt slik: Opplærings og utviklingstiltak vert redusert med kr. til kr. Løyvinga har vore nytta til leiarutdanning for pedagogar, masterutdanning i kritiske fag og rekruttering av tannlegar. Leiarutvikling vert redusert med kr til kr. Dette medfører at det ikkje vert noko særleg omfattande fellestiltak innan leiarutvikling i Vidareutdanning for å kvalifisere til auke i stillingsstorleik vert redusert med kr til 0 kr. Det har vore liten søknad på desse midlane dei siste åra. Hospitering vert redusert med kr til kr. Konsekvensen vert ei strammare prioritering av søknadene og fleire som ikkje får innfridd søknaden. Det var 34 søknader i Formålet med hospiteringsordninga er å gje arbeidstakarane i fylkeskommunen høve til fagleg fornying og utveksling av erfaring. Helse/ miljø/ tryggleik vert redusert med kr til kr. Dei lovpålagde oppgåvene som kurs i arbeidsmiljø vert oppretthaldne. Bedriftshelsetenesta vert redusert med kr til kr. Interne støtteeiningar Vedkomande interne støtteeiningar er det lagt inn 2 endringar: For IKT-tenesta er inntektene/overføringane auka med 1 mill. kr. til 6,7 mill. kr. som konsekvens av utvida driftssamarbeid med kommunane i Sogn Regionråd innafor skulesektoren, utviding av drift av trådlause nettverk i kommunane og eit samarbeid om drift av nettet til Subsea utdanninga i Florø. For innkjøpstenesta er det lagt inn ei auka utgift på 0,2 mill. kr for å finansiere fylkeskommunen sin del (30%) av ny stilling som skal arbeide med innføring og drifting av e-handel saman med kommunane. Kommunane må finansiere resten av utgiftene til stillinga. Dette er eit effektiviseringstiltak som etter kvart vil gi innsparingar ved innkjøp av varer og tenester. 421 Forvaltningsutgifter eigedomsforvaltninga Fylkeskommunen eig 10 tenestebustader på Leikanger. Det eine rekkehuset med 4 husvære kan seljast, dette kan gi ei ein netto salsinntekt på 4-6 mill. kr. Netto leigeinntekter vert redusert med 0,3 mill. kr. Denne type inntekter tek vi inn i budsjettet og rekneskapen først når tiltaket er gjennomført. 460 Tenester utanom ordinært FK ansvarsområde 0,525 mill.kr er årleg tilskot til Fjellvegen AS, Årdal Luster. 0,150 mill. kr er årleg tilskot til sykkelbyen Førde, og dette fell bort frå og med 2016 og er alt innarbeidd i økonomiplanen. 480 Diverse fellesutgifter Juridisk honorar omfattar også utgifter til utgreiingar og prosjektarbeid. I den fasen fylkeskommunen no går inn i, meiner fylkesrådmannen at posten må styrkast med (minst) 2,0 mill. kr kvart år i planperioden. Personalforsikringane er lovpålagde. Budsjettmidlane knytt til folkehelseområdet er vurdert som ein del av HPN si prioriteringssak. Skisse (døme) til kva område som kan utgreiast for oppnå innsparingar tilsvarande 30 mill. kr på lengre sikt ( ) for sektoren forvaltning inklusive avdelingsadministrasjonane

29 Side 17 av Når det er avklart i fylkestinget kva oppgåveendringar som vert aktuelle på sektornivå, vert det utgreidd korleis administrasjonen vert tilpassa til dei nye oppgåvene og dei nye økonomiske rammene. 2. Utgreie organiseringa av ikt- driftstenestene retta mot institusjonane/brukarane med sikte på ei samla meir effektiv organisering. 3. Utgreie organiseringa av løn- og rekneskapsfunksjonen i heile fylkeskommunen med sikte på få ei samla meir effektiv organisering. 4. Utarbeide nye reinhaldsrutinar for fylkeskommunen sine bygningar. Tilråding Fylkesrådmannen sine tilrådingar til reduksjonstiltak i 2015/2016 for sektoren forvaltning vert lagt til grunn i det vidare budsjettarbeidet. 3.3 Tannhelse skisse for tilpassing til rammene for 2015 og 2016 Tannhelsesektoren disponerer eit netto budsjett på om lag 80 mill. kr/år i åra Finansutvalet slutta seg i arbeidsdokument 3/14 til at sektoren skulle konkretisere innsparingstiltak på 3,0 mill. kr samla for 2015 og I samband med utgreiingsramma på 11 mill. kr fram til 2019 vart det bestilt ein gjennomgang av strukturen for heile tannhelsesektoren. Utgreiingstiltaka for åra vert arbeidd med framover og omtala seinare i budsjettprosessen. Tannhelsetenesta har to programområde fellesfunksjonar og pasientbehandling. Programområde 660 er knytt til administrative fellesfunksjonar for tannhelsetenesta, drift av elektronisk pasientjournal, medlemsavgift i Norsk HelseNett (NHN) og personalutvikling. Programområde 665 omfattar utgifter til drift av tannklinikkar samt utgifter til service og drift av teknisk utstyr på tannklinikkane. Budsjett 2015 og 2016 Budsjett 2015 er ut frå erfaringstal satt opp med eit snitt på 3 vakante tannlegestillingar som kjem i tillegg til innsparingstiltaka på 3,0 mill. kr. Føreslegne innsparingar er tenkt vidareført til Tiltaka er reversible, men kan og inngå i utgreiingsramma på 11 mill. kr til Det er uproblematisk å reversere tiltaka på eit seinare tidspunkt. Tiltaka er lista opp under programområde. Programområde 600 Fellesfunksjonar Seie opp husleigeavtalar Tannklinikkane Olden og Hornindal har avtalar som kan seiast opp fom Pasientar får behandling ved Stryn tannklinikk. Samla innsparing 0,120 mill. kr. Reduksjon felles personaltiltak Redusere rammer for gjennomføring av personalsamling i tannhelsetenesta. Samla innsparing 0,100 mill. kr. Reduksjon fellesutgifter Redusere utgifter til reise og kurs for alle klinikkar og administrasjon med 0,070 mill. kr. Programområde 665 pasientbehandling Halde stillingar vakante ved naturleg avgang 2,4 tannlegestillingar vil bli vakante i løpet av Desse stillingane kan haldast vakante. Dei prioriterte pasientane får tilbod ved sin vanlege tannklinikk gjennom ambulering frå naboklinikkar. Med fråtrekk for inntening, reiseutgifter for pasientar og utgifter til ambulering frå andre klinikkar er innsparingspotensialet for ,720 mill. kr.

30 Side 18 av 26 0,5 tannpleiarstilling og 0,8 tannhelsesekretær er vakant frå Samla innsparing 0,590 mill. kr. Redusert vedlikehald I samband med utgreiing av framtidig struktur i tannhelsetenesta vert vedlikehaldet på små klinikkar halde på eit minimum. Dette er vedlikehald på utstyr, inventar og bygg som kan utsetjast utan at det får store konsekvensar for drift. Samla innsparing 0,200 mill. kr. Auke klinisk produksjon Redusere tid som går med til utadretta verksemd og utføre meir arbeid på pasientar. Dette vil kunne auke innteninga i tannhelsetenesta. Samla innsparing 0,100 mill. kr. Reduksjon personaltiltak Endring i bruk av kursmidlar. Reduserer ordninga med kursmidlar i tannhelsetenesta slik at midlane ikkje lenger er personlege, men blir lagt klinikkvis. Samla innsparing årleg på 0,300 mill. kr. Takstauke Auke takstane for behandling av betalande pasientar 5 % utover normal prisstigning (3,5 %) frå Fylkesutvalet fekk i sak 106/13 ei orientering om takstar i den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane. Gjennomgangen synte at takstane til private tannlegar låg 9-36 % over offentlege takstar. Ved å justere takstane opp vil framleis offentleg takst vere lågare enn eit gjennomsnitt av private takstar. Det er teke høgde for redusert inntening grunna vakansar. Samla innsparing kr 0,800 mill. kr. Tilpassing til rammer i 2015 og 2016 vert oppsummert i følgjande tabell: Innsparingstiltak mill. kr Programområde 660 fellesfunksjonar Seie opp husleigeavtalar 0,120 Redusert vedlikehald 0,200 Endring bruk av kursmidlar 0,070 Programområde 665 pasientbehandling Naturleg avgang - halde stillingar vakante 1,310 Auke klinisk produksjon 0,100 Reduksjon personaltiltak 0,400 Takstauke 5% % per ,800 Innsparing totalt 3,000 I arbeidsdokument 3-14 vart det føreslege ei mogleg innsparing ved å fjerne dekking av skyssutgifter for prioritert klientell. Innsparinga var då på kort sikt berekna til 0,4 mill. kr. Med ein eventuell ny klinikkstruktur med færre tannklinikkar får prioriterte pasientar lenger reiseveg. Med meir sentralisert klinikkstruktur kan det på lang sikt bli større innsparingar. Refusjon av skyssutgifter vert vurdert samstundes som tannhelsetenesta ser på ny struktur. Når det gjeld kontraktar og avtalar med eksterne partar for tannhelsetenesta gjeld dette stort sett husleigeavtalar. Fylkeskommunen leiger for ein stor del lokale til tannklinkkar hjå private eller kommunar. Nokre få av klinikkane er i dag i sjølveigde lokale. Arbeidet med å kartlegge desse avtalane er godt i gang og vil bli brukt i det vidare arbeidet med strukturendring.

31 Side 19 av 26 Tilråding Fylkesrådmannen sine tilrådingar til reduksjonstiltak i 2015/2016 for tannhelsesektoren vert lagt til grunn i det vidare budsjettarbeidet. 4 ANDRE SAKER 4.1 Inntektssystemet I arbeidsdokument 3/14 gjorde fylkesrådmannen greie for dei økonomiske verknadane av nytt inntektssystem. Gjennomgangen viste at nytt inntektssystem gjev ein vesentleg rammereduksjon for Sogn og Fjordane. I kroner pr. innbyggar er Oslo, Vestfold og Rogaland som dei store vinnarane, medan Troms, Nordland og Sogn og Fjordane er dei store taparane. Vidare arbeid fram mot framlegg til statsbudsjett 2015 Regjeringa seier sjølv dei skal kome attende til båt/ferjenøkkelen i statsbudsjettet. I tillegg har stortinget pålagt dei å sjå nærare på problematikken knytt til NSB og til ferjeavløysingsmidlane. Vidare har fleire av partia i fylkesutvalet fått i stand møte med sentrale stortingspolitikarar. Fylkesrådmannen har her fått høve til å setje søkelys på dei etter vårt syn urimelege utslaga av nytt inntektssystem og kva verknader dette får for vår fylkeskommune. Det er til no gjennomført møte med Frp, V og Krf. Partia sine representantar i kommunalkomiteen deltok på møta. Frå Krf møtte partileiaren i tillegg. Fredag 19. september er det avtalt møte med Ap. Her møter partiet sin fraksjonsleiar i kommunalkomiteen og partileiaren. Eit mål med møta er/har vore å få ei forståing for at utslaga av nytt inntektssystem må dempast ved å nytte ordninga med ein tapskompensasjon meir aktivt. Eit eksempel på presentasjonane som har vore nytta i desse møta følgjer som vedlegg 4. Tilråding Finansutvalet tek orienteringa om arbeidet i høve endringar i nytt inntektssystem til orientering. 4.2 Omstillingsprosjektet SFJ 2019 Fylkesrådmannen har funne det naudsynt å opprette eit eige prosjekt for det administrative omstillingsarbeidet som fylkeskommunen startar no i haust. Prosjektet har fått namnet SFJ 2019 og er meint å vere eit rammeverk for å halde naudsynt oversikt over og framdrift i det utgreiingsog gjennomføringsarbeidet vi står føre dei næraste åra. I samband med dette har fylkesrådmannen utarbeidd ein eigen prosjektplan der roller og oppgåver i arbeidet vert definert, og der det vidare vert gjeve rammer for relasjonar og kommunikasjon mellom den administrative leiinga og det politiske nivået, dei tilsette, eksterne samarbeidspartar, media og andre. Det er ein grunnleggande føresetnad at dette arbeidet til ei kvar tid skjer innanfor gjeldande politiske vedtak og føringar. Informasjonsverdi og kommunikasjonsbehov både i organisasjonen og eksternt vert vurdert ved kvar aktivitet. Fylkesrådmannen legg opp til at prosjektplanar knytte både til omstillingsprosjektet og delprosjekt vert gjort tilgjengelege og haldne løpande oppdaterte. Gjennom strukturerte, opne prosessar og ein felles innsats for gode langsiktige løysingar, er fylkesrådmannen sin ambisjon at vi skal kunne innfri målsettinga om å levere høg kvalitet på alle prioriterte tenester i Sogn og Fjordane fylkeskommune også i framtida.

32 Side 20 av 26 Prosjektplanen er eit administrativt dokument, men vert her lagt fram for finansutvalet til orientering, jf. vedlegg 5. Tilråding Finansutvalet tek orienteringa om det administrative omstillingsprosjektet til orientering. 4.3 Investeringar i samband med skulebruksplanen svar på «bestilling» I arbeidsdokument 3/14 bestilte finansutvalet ei eiga sak til fylkestinget i oktober med sikte på å få avklart om det er aktuelt å gjennomføre dei tilpassingane som fylkesrådmannen skisserte i samband med investeringar knytt til skulebruksplanvedtaket. Med bakgrunn i dette ligg det no føre ei eiga sak til fylkestinget i oktober. Fylkesrådmannen tilrår her at planlagde investeringar knytt til skulebruksplanen vert nedjustert med samla kr 141 mill. kr i økonomiplanperioden. Målet med nedjusteringa er å sikre at arealbehov og investeringar vert rett dimensjonert ved eit eventuelt nytt vedtak om endringar i skulestrukturen. Det er viktig å vere merksam på at vi i dag ikkje kjenner behovet for investeringar som fylgje av eventuelt nye vurderingar omkring framtidig skulestruktur. Det må av den grunn takast med i vurderingane at endringar uansett vil krevje investeringar og at dei midlane som no er tekne ut kjem heilt eller delvis - inn att seinare. Endringane som følgje av tilrådinga i denne saka er ikkje tekne inn i det førebelse investeringsprogrammet. Tilråding Finansutvalet tek orienteringa om FT-saka tilrådde endringar i investeringane som følgje av skulebruksplanen til orientering. Eventuelle endringar i investeringsprogrammet for bygg vert å innarbeide i etterkant av fylkestinget si handsaming av saka. 4.4 Omdisponering innafor opplæringsramma - teknisk endring Som oppfølging av HO-sak 08/14 Justering av opplæringstilbodet for skuleåret vart den økonomiske ramma for tilskot til lærebedrifter, i arbeidsdokument 2/14 frå fylkesrådmannen til finansutvalet, styrkt med 4,2 mill. kr øyremerka vg3 i skule. Etter Kostra skal kostnader knytte til opplæring i skule (inkl. vg3 i skule) førast på utdanningsprogramma. Fylkesrådmannen tilrår difor at dei øyremerkte midlane vert flytta til utdanningsprogramma. Tilråding Det vert flytta 4,2 mill. kr årleg frå «tilskot til lærebedrifter» til «utdanningsprogramma». Midlane vert øyremerka opplæring i skule. 4.5 Formidlingssenter på tusenårsstaden Gulatinget I dette prosjektet er kommunen sin del av finansieringa på plass. I finansutvalet sitt møte 18.juni vart det spurt om det er eit krav at fylkeskommunen er med på finansieringssida for at staten skal stille opp. Dette spørsmålet er avklara med staten. Det er ikkje eit krav at fylkeskommunen skal vere inne som finansieringspart i desse bygga. Departementet legg vekt på prosjektet/søknaden sin kvalitet, at prosjektet er fullfinansiert og elles oppfyller dei krav som er sett til denne typen bygg/søknader (nasjonale kulturbygg). Staten sitt bidrag i finansieringa vil vere inntil ein tredjedel av godkjent søknadssum. Ut frå dette kan t.d. Gulen kommune ta over dette prosjektet og arbeide vidare med å sjå om det er mogleg å fullfinansiere dette gjennom private midlar og tilskot frå staten.

33 Side 21 av 26 Tilråding Det vert opna for Gulen kommune kan gå vidare med prosjektet «Formidlingssenter på tusenårsstaden Gulatinget» utan fylkeskommunal deltaking. 4.6 Oppfølging av ikkje off. pkt i arbeidsdokument 3/14 I vedlegg 6 vert det gjort kort greie for oppfølginga av dei ikkje off. bestillingane frå finansutvalet Vedlegget er unnateke offentlegheit. 4.7 Høyangertunnelen vidare prosess Fylkesrådmannen orienterte i arbeidsdokument 3/14 om at anbodsprosessen knytt til utbetringar av Høyangertunnelen var stoppa. Det vert lagt fram ei eiga sak til fylkestinget i oktober om utbetring av Høyangertunnelen. Fylkesrådmannen si tilråding i saka er å utbetre tunnelen innafor ei kostnadsramme på 170 mill kr. Tunnellen skal då utbetrast slik at krava i den statlege tunnelforskrifta vert stetta, sjølv om denne ikkje gjeld for tunnelar på fylkesvegnettet. Ei slik løysing vil frigje 50 mill. kr i høve opprinneleg alternativ. Desse midlane bør nyttast til å avdempe verknaden av naudsynt reduksjon i drift- og vedlikehaldsposten dei næraste åra. Tilråding Finansutvalet tek orienteringa om tilrådd løysing for utbetringa av Høyangertunnelen til vitande. Frigjort kapital skal nyttast til å avdempe verknaden av naudsynt reduksjon i drift- og vedlikehaldsposten dei næraste åra. 4.8 Ny bruforskrift Samferdsledepartementet har no fastsett ei ny forskrift knytt til bygging og vedlikehald av bruer, ferjekaier og andre berande konstruksjonar på fylkesvegnettet. Fylkesrådmannen har utarbeidd ei eiga sak om dette til samferdsleutvalet og fylkesutvalet. Eit av punkta i tilrådinga er at det vert kravd kompensasjon for eventuelle meirkostnadar som følgje krava i den nye forskrifta. Tilråding Finansutvalet tek orienteringa om ny bruforskrift til vitande. 4.9 Kontrollutvalet framlegg til budsjett/økonomiplan I KU-sak 35/14 handsama Kontrollutvalet framlegg til eige budsjett 2015/økonomiplan Sekretariatsleiar si saksframstilling og særutskrift av vedtaket følgjer som vedlegg 7. I nemnde saksutgreiing står det m.a.: «Ut frå eit kontrollsynspunkt er det naturleg å vurdere risikoen for at feil oppstår i den fylkeskommunal forvaltninga til å bli høgare når eit lågare inntektsnivå skal ligge til grunn for å få utført same oppgåver som tidlegare. Det er vidare naturleg å vurdere auka kontrollinnsats når risikoen vert høgare. Det er med andre ord ikkje naturleg å redusere kontrollinnsatsen når risikoen aukar som følgje av innsparingar i forvaltninga.» På kort sikt (2015) går Kontrollutvalet inn for ei innsparing i budsjett 2015 på 0,124 mill. kr i høve gjeldande ramme. Innsparingstiltaka vert vurdert som kortsiktig tilpassing. Leiaren for kontrollutvalet er invitert til møtet i finansutvalet 24. september.

34 Side 22 av 26 Tilråding Finansutvalet tek innspela frå kontrollutvalet til vitande. Dei økonomiske konsekvensane av budsjetttilrådinga vert å innarbeide i framlegg til budsjett 2015/økonomiplan Innspel frå råda Budsjettinnspela frå fylkesrådet for funksjonshemma og fylkesrådet for eldre følgjer som vedlegg 8 og 9. Tilråding Finansutvalet tek innspela frå fylkesrådet for funksjonshemma og fylkesrådet for eldre til orientering. 5 FØREBELS SALDERINGSUTFORDRING Ubalanse etter a.dok 3 43,6 113,7 174,1 189,2 Fordeling av salderingsutfordring i samsvar med A-dok 3: Opplæring, jf. pkt ,0-5,0 Plan og næring, jf. pkt ,0-5,0 Kultur, jf. pkt ,0-5,0 Samferdsle, jf. pkt ,0-84,0 Forvaltning, jf. pkt ,0-12,0 Tannhelse jf. pkt ,0-3,0 Vurderingar i a.dok 4: Rammeendringar som følgje av tertialrapport 2/14 Opplæring - auka løyving til lisensavtalar 0,1 0,1 0,1 0,1 Opplæring - auka løyving til opplæring i bedrift 1,0 1,0 1,0 1,0 Opplæring - auka løyving til fagprøver 1,0 1,0 1,0 1,0 Endring i renteinntekter -0,4 1,8 2,1 2,9 Endring i renteinntekter - rentekompensasjon 2,4 9,3 14,8 11,9 Endring i kapitalutgifter -8,4-18,2-26,5-33,2 EM i vektløfting - løyving utover FU til disp. 0,3 0,2 Opplæring red.løyving - forsering av innsparingstiltak -7,3-4,0 Opplæring - red. løyving til omstillingstiltak - skulebruksplan -9,5 Samferdsle - auka løyving til ferjedrift - nytt anbod 4,5 14,4 17,0 Ubalanse etter a.dok 4-21,2-4,6 181,0 189,9 Førebels salderingstabell syner at vi - medrekna førebels fordeling av salderingsutfordringa - er komen i eit lite «pluss» for 2015 og Fylkesrådmannen gjer merksam på at ein høvesvis stor del av den kortsiktige salderingsutfordringa er lagt på samferdsleramma. Grunngjevinga for dette er at vegvedlikehaldet er mogleg å redusere på kort sikt. Fylkesrådmannen meiner difor den positive salderingsbalansen i åra 2015 og 2016 må sjåast i samanheng med at samferdsleramma førebels er redusert med høvesvis 24 mill. kr og 84 mill. kr desse to åra.

35 Side 23 av 26 6 VIDARE ARBEID Statsbudsjettet vert i år lagt fram 8. oktober. Datoen er samanfallande med utsendingsdatoen for neste arbeidsdokument. Fylkesrådmannen finn det difor mest tenleg at det ikkje vert utarbeida ordinært arbeidsdokument til dette møtet, men at det vert gjeve ein kort informasjon om verknadane av statsbudsjettet i etterkant av fylkestinget 14. oktober. Neste ordinære møte i finansutvalet vil vere 5. november då skal finansutvalet etter planen legge fram eit saldert budsjett for 2015/16 og ta stilling til kva område som skal vidare utgreiast i samband med økonomiplanarbeidet for Til dette møtet vil det føreligge nye tilrådingar frå hovudutvala. I tillegg inviterer fylkesordføraren fylkesutvalet til å ta stilling til om det skal opnast for at ulike interessegrupper/aktørar får kome med innspel til budsjettprosessen på ein eigen «politikardag» den 4. november. Finansutvalet vil i så fall ha med desse innspela òg før endeleg saldering av framlegg til budsjett/økonomiplan. Tore Eriksen Fylkesrådmann Eli Nes Killingrød økonomisjef Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift Vedlegg: 1. Offentleg møteprotokoll frå finansutvalet Brev frå Musea i SFJ realisering av fellesmagasin/ prosjektet «Kløften» 3. Saksframlegga til hovudutvala sine budsjettsaker a. Hovudutvalet for kultur b. Hovudutvalet for opplæring c. Hovudutvalet for plan og næring d. Hovudutvalet for samferdsle 4. Presentasjon nytta i møte med sentrale stortingspolitikarar 5. Prosjektplan Omstillingsprosjektet SFJ Oppfølging av ikkje offentlege punkt i arbeidsdokument 3/14 ikkje off., jf. off.lova Kontrollutvalet sitt framlegg til budsjett/økonomiplan saksframstilling og særutskrift av vedtak 8. Budsjettinnspel frå fylkesrådet for funksjonshemma 9. Budsjettinnspel frå fylkesrådet for eldre Kopi til: Fylkestinget Fylkesrådmannen si leiargruppe Budsjettgruppa

36 Side 24 av 26 Oppsummering av fylkesrådmannen sine tilrådingar i dette dokumentet: 1 INVESTERINGSBUDSJETTET 1.1 Bygginvesteringar Årleg kapitalinnskot til KLP på 2 mill. kr vert innarbeidd i investeringsplanen for åra Investeringa vert finansiert med eksisterande driftsmidlar til investering. Investeringa medfører eit årleg auka låneopptak 2 mill. kr for investeringsporteføljen elles. Finansutvalet ser at musea i Sogn og Fjordane har utfordringar i høve magasinkapasitet, og at dette hemmar dei i arbeidet med samlingsforvaltninga. Musea i Sogn og Fjordane vert difor beden om å kartlegge alternative måtar å løyse magasinfordringa på som kan gje ei rimelegare løysing for fylkeskommunen. Herunder skal eventuell desentralisert magasinering vurderast. Det vert formidla til Musea i Sogn og Fjordane at prosjektet «Kløften» er for ambisiøst i høve den økonomiske situasjonen fylkeskommunen no er komen i. I påvente av denne utgreiinga vert løyvingane til fellesmagasin førebels tekne inn att i økonomiplanen med eitt års forskyving. Framlegg til investerings- og finansieringsprogram for bygg vert lagt til grunn for det vidare arbeidet med budsjett og økonomiplan. 1.2 Fylkesveginvesteringar Framlegg til investerings- og finansieringsprogram for fylkesvegar vert lagt til grunn for det vidare arbeidet med budsjett og økonomiplan. 2 DRIFTSBUDSJETTET JUSTERINGAR AV BASISRAMMENE 2.1 Kapitalinntekter og -utgifter Rentesats på lån vert sett til 2,45 % i 2015, 2,50 % i 2016, 2,75 % i 2017 og 3,15 % i Rentesats på bankinnskot vert føresett 0,30 % lågare enn renta på flytande lån. Rentesats på rentekompensasjonsordningane vert føresett 0,10 % lågare enn renta på flytande lån. Ny prognose for rentekompensasjonsordningane vert innarbeid i det økonomiske opplegget for budsjett 2015/økonomiplan Det vert føresett ein gjennomsnittslikviditet på 750 mill. kr i 2015, 700 mill. kr i 2016, 600 mill. kr i 2017 og 500 mill. kr i Renteinntekter på ein gjennomsnittslikviditet på 40 mill. kr vert reservert til fond der det er krav om tilbakeføring av renteinntekter på ubrukt kapital til fondet. Ny prognose for netto ordinære renteinntekter vert innarbeidd i det økonomiske opplegget for budsjett 2015/økonomiplan Nye føresetnader for kapitalutgiftsbelastninga vert innarbeidd i det økonomiske opplegget for budsjett 2015/økonomiplan Konsesjonskraft Finansutvalet held på alt innarbeidde prognose for konsesjonskraftinntekter som sitt framlegg i budsjett 2015/økonomiplan

37 Side 25 av Tertialrapport 2/14 Her omtalte tilrådde endringar som følgje av tertialrapport 2/14 vert førebels innarbeidd i budsjett 2015 og tilhøyrande økonomiplan. Tilrådinga vert oppdatert i samsvar med endeleg vedtak i FT. 2.4 EM i vektløfting Løyvinga til EM i vektløfting vert fordelt med 0,6 mill. kr i ,5 mill. kr i Løyvinga vert finansiert med 0,3 mill. kr årleg via posten «FU til disposisjon» og resten mot den samla salderingsutfordringa. 2.5 Forsering av innsparing som følgje av strukturendringane i skulebruksplanen Innsparingar som følgje av skulebruksplanen vert fasa inn med 7,3 mill. kr i 2015 og 4,0 mill. kr i 2016 (våreffekt). Opplæring si ramme vert tilsvarande nedjustert. Frå hausten 2015 tek rammene høgde for venta innsparingar. 2.6 Omstillingstiltak for pedagogisk personale Budsjetterte omstillingsmidlar i samband med skulebruksplanen vert redusert med 9,5 mill. kr i Samferdsle auka kostnader med ny ferjekontrakt Samferdsle si basisramme vert auka med 4,5 mill. kr i 2016, 14,4 mill. kr i 2017, 17 mill. kr i 2018 og 24,5 mill. kr i Rammeauken er knytt til auka ferjekostnadar i perioden. 2.8 Kompensasjon for bortfall av differensiert arbeidsgivaravgift Det vert føresett at staten dekker alle meirkostnadar som følgje av sektorunntaket for differensiert arbeidsgjevaravgift innafor produksjon av transporttenester. Samferdslesektoren får tilført det faktiske beløpet som vert ytt i statstilskot. 3 INNSPEL FRÅ SEKTORANE - OPPFØLGING AV FINU SINE BESTILLINGAR 3.1 HU-sakene skisse for tilpassing til rammene for 2015/2016 Tilrådingane til hovudutvala for sektorane opplæring, plan og næring, kultur og samferdsle vert lagt til grunn i det vidare budsjettarbeidet. 3.2 Forvaltning - skisse for tilpassing til rammene for 2015/2016 Fylkesrådmannen sine tilrådingar til reduksjonstiltak i 2015/2016 for sektoren forvaltning vert lagt til grunn i det vidare budsjettarbeidet. 3.3 Tannhelse skisse for tilpassing til rammene for 2015 og 2016 Fylkesrådmannen sine tilrådingar til reduksjonstiltak i 2015/2016 for tannhelsesektoren vert lagt til grunn i det vidare budsjettarbeidet.

38 Side 26 av 26 4 ANDRE SAKER 4.1 Inntektssystemet Finansutvalet tek orienteringa om arbeidet i høve endringar i nytt inntektssystem til orientering. 4.2 Omstillingsprosjektet SFJ 2019 Finansutvalet tek orienteringa om det administrative omstillingsprosjektet til orientering. 4.3 Investeringar i samband med skulebruksplanen svar på «bestilling» Finansutvalet tek orienteringa om FT-saka tilrådde endringar i investeringane som følgje av skulebruksplanen til orientering. Eventuelle endringar i investeringsprogrammet for bygg vert å innarbeide i etterkant av fylkestinget si handsaming av saka. 4.4 Omdisponering innafor opplæringsramma - teknisk endring Det vert flytta 4,2 mill. kr årleg frå «tilskot til lærebedrifter» til «utdanningsprogramma». Midlane vert øyremerka opplæring i skule. 4.5 Formidlingssenter på tusenårsstaden Gulatinget Det vert opna for Gulen kommune kan gå vidare med prosjektet «Formidlingssenter på tusenårsstaden Gulatinget» utan fylkeskommunal deltaking. 4.6 Oppfølging av ikkje off. pkt i arbeidsdokument 3/ Høyangertunnelen vidare prosess Finansutvalet tek orienteringa om tilrådd løysing for utbetringa av Høyangertunnelen til vitande. Frigjort kapital skal nyttast til å avdempe verknaden av naudsynt reduksjon i drift- og vedlikehaldsposten dei næraste åra. 4.8 Ny bruforskrift Finansutvalet tek orienteringa om ny bruforskrift til vitande. 4.9 Kontrollutvalet framlegg til budsjett/økonomiplan Finansutvalet tek innspela frå kontrollutvalet til vitande. Dei økonomiske konsekvensane av budsjetttilrådinga vert å innarbeide i framlegg til budsjett 2015/økonomiplan Innspel frå råda Finansutvalet tek innspela frå fylkesrådet for funksjonshemma og fylkesrådet for eldre til orientering.

39 Side 1 av 5 Fylkesrådmannen Møteprotokoll for Finansutvalet Sakshandsamar: Eli Nes Killingrød E-post: Tlf.: Vår ref. Sak nr.: 14/321-7 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr /14 Dato LEIKANGER, Handsaming av arbeidsdokument 3/14 Faste medlemmar til stades: Forfall: Åshild Kjelsnes Ap Jenny Følling Sp Nils P. Støyva Ap Karen Marie Hjelmeseter Sp Hilmar Høl Ap Anders Ryssdal Sp Vara: Arnstein Menes Sp Anita Nybø Sp Nils Gjerland Sp Norvall Nøringset SV Sekretariat for møtet: Noralv Distad H Fylkesrådmannen sin stab Frank Willy Djuvik Frp v/frm økonomi Marit Barsnes Kroghseter V Trude Brosvik Krf Det vart trekt slike konklusjonar (nummerering i samsvar med punkt i arbeidsdokumentet): 1 Oppsummering etter møtet i finansutvalet Ingen merknad. 2 Driftskonsekvensar av FT-/FU- vedtak i vårsesjonen Tilrådinga fekk ingen røyster. 3 Kommuneproposisjonen 2014 (KP) 3.1 Nytt inntektssystem Endringar i rammetilskot som følgje av framlegg til nytt inntektssystem vert innarbeida i det økonomiske opplegget for budsjett 2015/økonomiplan Opptrapping fornying og opprusting av fylkesvegane Finansutvalet legg dei oppdaterte føresetnadane knytt til fornying og opprusting av fylkesvegar til grunn for det vidare budsjettarbeidet. Inntektsauken på 2,6 mill. kr i 2015 vert ikkje tilført samferdslesektoren. Midlane vert nytta til salderinga av budsjettet for Den auka salderingsutfordringa i åra skal takast omsyn til ved fastsetting av ny sektorramme for samferdsle. 3.3 Kommunal- og forvaltningskomiteen si fleirtalsinnstilling til Stortinget Finansutvalet tek orienteringa om ferjeavløysingsmidlar til vitande. Det er førebels føresett at vi får behalde innsparte ferjetilskot i høve Dalsfjord- og Bremangersambandet som tidlegare førespegla. Det skal arbeidast vidare politisk med sikte på å få innarbeidd fråtrekk for statleg subsidiering av oppgåveyting ved berekning av utgiftsbehovet på samferdsletenesta. Fylkeshuset Askedalen LEIKANGER Tlf.: Bankgiro: Org.nr.: NO MVA

40 Side 2 av 5 4 Lokale inntekter 4.1 Konsesjonskraftinntekter Prognosen for konsesjonskraftinntekter pr vert innarbeidd i det økonomiske opplegget for budsjett/økonomplan Utbytte (ikkje off. off. lova 23) 4.3 Lokale inntekter - til driftsføremål Taket for bruk av lokale inntekter til driftsføremål vert sett til 65 mill. kr i åra og til 60 mill. kr årleg frå Avvik frå dette nivået vert i tråd med gjeldande praksis saldert mot bufferfondet. 5 Justering av økonomiplanprosessen vidare arbeid 5.1 Budsjett 2015 og 2016 Finansutvalet sluttar seg til at gjeldande budsjettprosess skal gjennomførast for åra 2015 og Økonomiplan Finansutvalet sluttar seg til dei tilrådde endringane i budsjettprosessen i høve økonomiplanarbeidet Behov for ekstra administrative ressursar i utgreiingsarbeidet Finansutvalet tek fylkesrådmannen si orientering om behovet for ekstra administrative ressursar til vitande. 5.4 Grunnleggande tiltak som bør iverksetjast snarast Fylkesrådmannen får i oppgåve å kartlegge: - kva handlingsrom fylkeskommunen har i høve eventuell oppseiing av fast tilsette. - kva kontraktar fylkeskommunen har med eksterne partar og om det eventuelt er høve å gå ut av avtalane før avtalt tid. 5.5 Salderingsutfordring før iverksetjing av innsparingstiltak/strategiar Ingen merknad. 6 Moglege tiltak Fellesinntekter og utgifter 6.1 Kapitalutgiftsbelastning før og etter reduksjon i statlege overføringar Finansutvalet tek orienteringa om kapitalutgiftsbelastninga til vitande. 6.2 Investeringsstopp/reversering av alt vedtekne investeringar Finansutvalet sluttar seg til at gjeldande investeringsprogram vert nedjustert i tråd med fylkesrådmannen si skisse. Endringane vil redusere dei årlege kapitalutgiftene med 6 mill. kr i 2015 aukande til 18 mill. kr årleg frå Salderingsvinsten er førebels ikkje lagt inn i det økonomiske opplegget. 6.3 Vurdering av investeringsramme skulebruksplanen Finansutvalet sluttar seg til at skisserte tiltak i investeringsprosjektet knytt til gjennomføring av vedtaket i skulebruksplanen vert sett på vent. Fylkesrådmannen får i oppdrag å lage ei sak til fylkestinget i oktober med sikte på å få avklart om det er aktuelt å gjennomføre tilpassingane skissert i dette punktet. Saka må vise: Konsekvensane av å stoppe planlagde bygginvesteringar skissert i punkt 8. d, f og g i fylkestinget sitt skulebruksplanvedtak. Korleis ein midlertidig kan tilpasse seg ei slik utsetjing i påvente av eventuelt nytt skulestrukturvedtak.

41 Side 3 av 5 Kva konsekvensar det vil ha for byggesteg II ved Sogndal vgs. å utsetje realisering av bygningsdelen knytt til restaurant og matfag. Det er førebels ikkje lagt inn salderingsvinst i form av reduserte kapitalutgifter på dette området. 6.4 Realisering av verdiar (ikkje off. off. lova 23)llom anna vist til sal av bygningar. 6.5 Salderingseffekt av tiltak for å redusere kapitalutgiftsbelastninga Reduserte kapitalutgifter vil gje ein tilsvarande reduksjon i behovet for å setje i verk utgiftsreduserande tiltak på sektornivå. Finansutvalet vil difor ha fokus på tiltak som kan frigjere kapital til å sanere lånegjeld og tilhøyrande kapitalutgifter. 7 Innspel til sektorprioriteringar potensiale for reduksjonar 7.1 Oppgåvefokus forholdet mellom sentraladministrasjon og sektorbudsjett 7.2 Forvaltning Hovudutvala får i oppgåve å vurdere dimensjoneringa av sentraladministrative ressursar opp mot dei oppgåveendringar/tiltak som vert tilrådd på sektornivå. Fylkesutvalet/finansutvalet vurderer tilsvarande på sitt nivå. Framlegg til endringar i sentraladministrasjonen skal kome i ein dialog mellom det politiske og administrative nivået. Finansutvalet tek fylkesrådmannen si utgreiing i høve forvaltningssektoren til orientering. Finansutvalet oppmodar Kontrollutvalet om å legge til rette for ei politisk vurdering av nivået på programområde 410 Kontrollutvalet. Det vart ikkje gjort vedtak om vidare arbeid med programområde 400 Politisk styring, vidare handsaming i FU Tannhelsesektoren Finansutvalet tek fylkesrådmannen si utgreiing i høve tannhelsesektoren til orientering. Fylkesrådmannen får i oppgåve å legge til rette for ei politisk vurdering av eventuelle strukturendringar. på sektoren. 7.4 Oppsummering av innsparingspotensialet i hovudutvalssakene (+ dei administrative innspela på sektoren forvaltning og tannhelsetenesta) Merknad: Eldrerådet sin uttale til budsjettsituasjonen vart etterlyst. Denne vert lagt fram i neste møte.

42 Side 4 av 5 8 Skisserte sektorrammer grunnlag for vidare utgreiingar 8.1 På lang sikt ( ) Hovudutvala får i oppdrag å kome med eit framlegg til kva område som skal nærare utgreiast for å oppnå innsparingar i storleiksorden 248 mill. kr årleg +10%. Sektorfordelinga vert som skissert i dette punktet, men forvaltning skal skissere moglege innsparingar på 30 millionar kroner. Finansutvalet ser på sektorrammene som utgreiingsrammer, og vil komme tilbake til endeleg fordeling av rammene seinare. Utgreiingsområda skal vedtakast som ein del av budsjettet i desember 2014, med sikte på å gjere endelege innsparingsvedtak i økonomiplanen i juni Kort sikt ( ) Hovudutvala får i oppgåve å vise korleis sektoren på best mogleg måte kan tilpasse seg rammeutfordringane som skissert i tabellen i dette punktet. Det skal synleggjerast om tiltaka er vurdert som ei kortsiktig tilpassing, eller om dei kan inngå som ein del av den langsiktige tilpassinga til nye sektorrammer. Det må sannsynleggjerast at kortsiktige tilpassingar er reversible. 8.3 Bruk av fondsmidlar for å avhjelpe salderingssituasjonen på kort sikt Tilgjengeleg overskotskapital på bufferfondet vert reservert i høve framtidige driftsutfordringar i samband med iverksetjing av langsiktige innsparingstiltak. 9 Andre saker 9.1 Prisnivå på ny ferjekontrakt - (ikkje off 23 i off.lova) 9.2 Bokbåten Finansutvalet føreset at avtalen med båteigar vert vurdert av HK i september. Fylkesrådmannen må innrette arbeidet slik at vi ikkje bind oss opp kontraktsmessig før HK har handsama saka. 9.3 Olden Innvik - vidare prosess Saka vert drøfta i fylkesutvalet i etterkant. 9.4 Høyangertunnelen stoppa anbod Finansutvalet tek orienteringa om Høyangertunnelen til vitande. Saka vert drøfta i fylkesutvalet i etterkant. 9.5 Tilskot til musea i Sogn og Fjordane auka deltaking frå kommunane Finansutvalet tek orienteringa om prosessen i høve auka kommunal deltaking i høve finansiering av musea i Sogn og Fjordane til vitande. Finansutvalet vil halde fast på at MiSF sit i førarsetet i arbeidet med å få fram nye avtaler med kommunane om driftstilskot til musea. 9.6 Dalsfjordsambandet sluttoppgjer og rettslege krav frå NCC Finansutvalet tek orienteringa til vitande. 9.7 Engebø avtalar i samband med eventuell rutilutvinning Finansutvalet sluttar seg til at det vert arbeidd med å reforhandle fylkeskommunen sine avtalar knytt til ei eventuell rutilutvinning i Engebøfjellet.

43 Side 5 av Teknisk flytting av budsjettmidlar - fylkesråda for eldre og funksjonshemma Løns og personalkostnadar knytt til sekretariatsfunksjon for fylkesrådet for eldre og fylkesrådet for personar med nedsett funksjonsevne vert flytta frå teneste 4004 «Diverse råd og utval» til teneste 4200 «Administrasjon». 9.9 Oppfølging av fylkestingsvedtak Finansutvalet føreset at fylkesrådmannen følgjer opp fylkestinget sine vedtak i sakene 12,13 og 14/14 i det vidare arbeidet med budsjettet for Vidare arbeid Ingen merknad

44 MUSEA I SOGN OG FJORDANE Sogn og Fjordane fylkeskommune Sandane, 19. aug v/fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad Storehagen 1B 6800 Førde REALISERING AV FELLESMAGASIN FOR MUSEA I SOGN OG FJORDANE Samlingane og samlingsforvaltning er grunnlaget for all museumsverksemd. Sogn og Fjordane fylkeskommune har tatt fleire prisverdige initiativ for å løyse magasintilhøva for musea i fylket og behovet er omtalt og fastslått i fleire planer. I dei første prosessane og vidare i prosessperioden etter konsolideringa, har det vore eit tett og godt samarbeid mellom fylkeskommunen og musea/misf. Etablering av fellesmagasinet «Kløften», inkludert areal for utbygging av Sunnfjord Museum og kontorfasilitetar for fellesadministrasjonen, er eit stort løft både fagleg og økonomisk og som MiSF gjerne hadde sett kunne gjennomførast. Trass godt planabeid og god politisk vilje, må vi likevel erkjenne at realisering av prosjektet står og fell med fylkeskommunal medverknad i investering og drift. Dei politiske signala som i seinare tid er nedfelt i fylkeskommunale dokument, er difor særdeles urovekkande både for investering og drift i Musea i Sogn og Fjordane. I framlagt Budsjett 2015/økonomiplan av , ser vi at fylkesrådmannen tilrår at fellesmagasinet vert reversert som følgje av å justere ned vedtatt investeringsprogram. For Musea i Sogn og Fjordane er det viktig å presisere at arbeidet med samlingsforvaltning og sikring av samlingane som ressurs for kunnskap og formidling, må halde fram. At fylkeskommunen no ser det nødvendig å trekke fellesmagasinet Kløften ut av investeringsprogrammet, endrar føresetnaden for intern framdrift av vedtatt strategi for samlingsforvaltning i MiSF, noko som også vil få konsekvensar for ein felles innsamlingspolitikk. Vi ber difor hovudutval for kultur realitetsvurdere status og eventuelle framtidige føringar m.o.t. «Kløften» som følgje av sparetiltaka i fylkeskommunen. Er det i det heile mogleg å sjå føre seg eit spleiselag mellom region (Sogn og Fjordane fylkeskommune/kommunane) og stat og sette av investeringsmidlar til fellesmagasinet Kløften i nær framtid? Det er gått over sju år sidan ABM-utvikling gjennomførte tilstandsvurdering av museumssamlingar i Sogn og Fjordane med påfølgjande fylkesrapport og brev av Magasintilhøva har knappast betra seg og fleire museum er utan magasin i det heile. Det er difor presserande for MiSF å få avklart situasjonen med tanke på å kunne sette i gong eit arbeid med å finne alternative løysingar for å betre magasintilhøva og løyse utfordringane med nytt administrasjons- og utstillingsbygg for Sunnfjord Museum. Vennleg helsing Anne-Marie Førde Direktør Kopi: Utvalsleiar i HK/SF fylkeskommune: Nils Gjerland!"#$%&'(&) )&***&'(&) )& +(,-. &) )&/0&) '-, )(,) )&123-. &) )&-, /)&) )&+/4 '

45 Side 1 av 16 Saksframlegg Saksbehandlar: Lars Grøteide, Kulturavdelinga Sak nr.: 14/ Budsjett 2015 og Kultur Fylkesdirektøren rår hovudutval for kultur til å gjere slikt vedtak: 1. Framlegg til sektorbudsjettet for kultur i 2015 og skisse til budsjett i 2016 vert fordelt slik på tenestenivå: Programområde B 2014 B 2015 B Bibliotek 6,662 6,022 5, Arkiv og kulturminneføremål 13,384 12,634 12, Museum 16,877 15,777 14, Kunstformidling 9,745 8,635 8, Kunstproduksjon 11,057 11,057 10, Fysisk aktivitet og idrett 3,041 3,041 2, Andre kulturaktivitetar 11,108 8,758 8,408 SUM 71,874 65,924 62, Innsparingsutfordringa vert løyst ved følgjande reduksjonar: Programområde Tiltak B 2015 B Bibliotek Bokbåten 0,640 1, Kunstformidling Fylkesmusikarordninga 0,900 0, Kunstformidling Kultur og helse 0,210 0, Kunstformidling Den kulturelle skulesekken 0, Kunstproduksjon Tilskot til regionale kulturinstitusjonar 0, Fysisk aktivitet og idrett Tilskot til Sogn og Fjordane idrettskrins 0, Andre kulturaktiviteter Kulturmidlar 0,900 0, Andre kulturaktiviteter Administrasjon 0,350 0,700 SUM 3,000 5, Bokbåttenesta i Sogn og Fjordane vert ikkje vidareført etter Hovudutval for kultur rår til at det vert arbeidd vidare med fellesmagasin for musea i Sogn og Fjordane med tanke på alternative løysingar. Vedlegg: 1. Utkast til Kulturstrategi , pr Brev frå Musea i Sogn og Fjordane av Andre dokument som ikkje ligg ved:

46 Side 2 av HK- sak 41/14 Drøfting av budsjett 2015 og 2016 og økonomiplan 2017 til 2019, Kultur 2. HK- sak 58/13 Evaluering av bokbåten 3. FT-sak 55/13 Budsjett 2014/ Økonomiplan HK- sak 30/14 Budsjett 2015 og økonomiplan , Kultur 5. Forskrift om bibliotekstatistikk 6. Forskrift om fagleg ansvarsdeling etter kulturminnelova 7. Stortingsmelding nr. 35, : Framtid med Fotfeste 8. Meld. St HPN- sak 71/ HK-sak 37/ Søknad om stønad til Landskyttarstemnet Søknad om stønad til Fiskerimuseum/fiskerihistorisk opplevingssenter i Måløy SAKSFRAMSTILLING 1. Samandrag Denne saka omhandlar budsjett 2015 og ei skisse til budsjett Saka svarar på finansutvalet sine tingingar i arbeidsdokument nr. 3 som vedkjem budsjett 2015 og Saka er bygt opp slik: Kap. 2 inneheld ein felles del lagt fram til alle hovudutvala ved fylkesrådmannen Kap. 3 presenterer bakgrunnen for denne saka Kap. 4 omtalar kort dei langsiktige driftsrammene Kap. 5 utgjer vurderinga og konsekvensar Kap. 6 syner budsjett 2015 fordelt på programområde, samt skisse til budsjett 2016 Kap. 7 presiserer føreslåtte reduksjonstiltak Kap. 8 omtalar framtidige investeringsrammer Kap. 9 omtalar avtalane fylkeskommunen har innan kultursektoren Kap. 10 handlar om administrasjon i høve sektorbudsjettet Kap. 11 sektorspesifikke oppfølgingspunkt Kap. 12 eksterne søknadar Kap. 13 kort konklusjon. 2. Felles del Fylkeskommunen står no overfor den mest krevjande budsjett- og økonomiplanprosessen nokon sinne. Nytt inntektssystem (IS) gjev ein vesentleg rammereduksjon for Sogn og Fjordane. Justert for pårekna tapskompensasjon første året og alt forventa inntektsreduksjon, aukar salderingsutfordringa vår som følgje av det nye systemet slik: Netto auka salderingsutfordring som følgje av nytt IS -8,7-60,7-112,7-164,7-223,7 Ei slik endring i eksterne rammeføresetnader vil stille store krav til omstilling, og gjennom det store krav til organisasjonen vår. I arbeidsdokument 3/14 til finansutvalet la fylkesrådmannen fram følgjande køyrereglar han meiner må vere sentrale gjennom heile denne prosessen: 1. Vi må setje innbyggjarane sitt beste i fokus 2. Vi må vise respekt for alle tilsette 3. Vi må følgje gjeldande lover og forskrifter 4. Oppgåver kan vere lovpålagte, ikkje løysingsmåten 5. Alle reduksjonsforslag må vere tilstrekkeleg utgreidde 6. Vi må planlegge og budsjettere realistisk

47 Side 3 av Vi må vurdere oppgåver og tenester, vekk med ostehøvelen 8. Vi må framleis ha nokre vekstelement i budsjetta 9. Vi må sikre rett og nok kompetanse i føreståande arbeid 10. Vi må framleis arbeide for å betre rammevilkåra våre Køyrereglane vart positivt mottekne i finansutvalet, og fylkesrådmannen tillet seg difor å gjenta dei innleiingsvis i hovudutvalssakene. Justert budsjett- og økonomiplanprosess Den store reduksjonen i framtidige inntekter vil føre til at heile den fylkeskommunale verksemda må vurderast. Dette arbeidet er omfattande og vil ta tid. Finansutvalet vedtok som følgje av dette å dele den vidare budsjettprosessen opp slik: Prosess Budsjett 2015 Rammer for 2015 i finansutvalet Detaljbudsjett 2015 i hovudutvala sept. 14 Slutthandsaming i Fylkestinget des. 14 Budsjett 2016 Rammer for 2016 i finansutvalet Skisse til naudsynte tiltak i hovudutvala sept. 14 Vedtak i Fylkestinget des.14 Ev. utgreiingar og implement. i 2015 Økonomiplan Prosessvedtak i finansutvalet Hovudutvala vert utfordra oktober og november 14 Saldering av økonomiplan teknisk i FT des. 14 Økonomiplanarbeid våren 2015 Vedtak i fylkestinget juni 2015 Som ein konsekvens av denne oppdelinga har hovudutvala fått to oppdrag i no i haust; i september (gjennom denne saka) skal hovudutvala vise korleis sektoren på best mogleg måte kan tilpasse seg følgjande rammeutfordringar på kort sikt: Forvaltning Opplæring -3-5 Tannhelse -3-3 Plan og næring -3-5 Kultur -3-5 Samferdsle Sum utgreiingsrammer Med bakgrunn i hovudutvala sine framlegg i denne saka skal finansutvalet 24. september drøfte den kortsiktige tilpassinga til skisserte rammeutfordringar ( ). I slutten av oktober skal hovudutvala kome med framlegg til kva område som skal nærare utgreiast for å oppnå innsparingar på lang sikt. Finansutvalet har fastsett følgjande utgreiingsrammer for sektorane: Forvaltning 30 Opplæring 88 Tannhelse 11

48 Side 4 av 16 Plan og næring 11 Kultur 17 Samferdsle 130 Sum utgreiingsrammer 287 Hovudutvala sine framlegg til utgreiingsområde vert drøfta i finansutvalet 5. november, og skal vedtakast som ein del av budsjettet i desember Sjølve utgreiingane vil bli gjorde våren 2015, med sikte på å gjere retningsgjevande innsparingsvedtak i økonomiplanen i juni Bakgrunn for saka I denne sak tilrår fylkesdirektøren for kultur sektorbudsjettet 2015 og skisse til budsjett Omfanget av satsingane vert presentert på tenestenivå. Fylkesdirektøren gjer også greie for og foreslår reduksjonar i samsvar med tinginga frå finansutvalet frå deira møte 18. juni. Til grunn for vurderingane og forslaga som vert lagt fram i denne saka ligg også hovudutval for kultur si handsaminga av sakene HK- sak 30/14 Budsjett 2015 og økonomiplan , Kultur og HKsak 41/14 Drøfting av budsjett 2015 og 2016 og økonomiplan 2017 til 2019, Kultur. I vurderingane i denne sak, er det lagt vekt på om dei reduserande tiltaka er reversible eller ikkje. Det vert og synleggjort om tiltaka er meint som kortvarige løysingar eller om dei kan inngå i dei langsiktige utfordringane fylkeskommunen står føre. Denne sak svarar såleis på dei av tingingane frå finansutvalet som har eit kortsiktig perspektiv. Hovudutvalet skal i oktober ta stilling til kva tiltak og satsingar som skal greiast ut for å oppnå ei eventuell innsparingar i storleiksorden 17 millionar kroner. Desse to sakene i hovudutvalet vil samla svare på alle tingingane frå finansutvalet. Sektorramme Dei økonomiske rammene til kultursektoren vil i tillegg til reduksjonar grunna innsparingsutfordringa, endre seg i samsvar med vedtak gjort i FT-sak 55/13 Budsjett 2014/ Økonomiplan Fylkesdirektøren viser desse endringane, slik at dette kan sjåast opp mot vurderingane i denne saka. Tekst Budsjett 2014 Budsjett 2015 Budsjett 2016 Allereie vedtekne endringar: Reduksjon i kulturminnevern (m.a. utfasing av 0,750 1,282 løyving til prosjekt lokale kulturminneplaner) Reduksjon i tilskotet til Musea i Sogn og Fjordane 1,100 2,100 Reduksjon i andre kulturaktivitetar (inndraging av ei stilling, utfasing av vedtekne tilskot til utviklingsarbeid, m.m.) 1,100 1,100 Føreslått reduksjon i 2015 og 2016 (FIN ) 3,000 5,000 Ramma til kultursektoren med dei noverande forslaga til reduksjon i 2015 og 2016 vert: 71,874 65,924 62,392 Forvaltning av statlege midlar I tillegg til det fylkeskommunale nettobudsjettet forvaltar hovudutvalet om lag 47 mill. kroner i 2014, gjennom eigne inntekter og statlege tilskot. Desse går til satsingar som spelemidlar, freda bygg, Den kulturelle skulesekken, m.m. Samla regional kultursatsing Tabellane under syner kultursektoren sitt brutto budsjett for 2014, samt dei inntektene som våre konkrete samarbeid generer direkte til mottakar. Fylkesdirektøren syner dette for å vise den samla regionale kultursatsinga som kjem direkte av fylkeskommunen si satsing på kultur. Kommunane, organisasjonar og festivalar m.m. nyttar meir enn dette til sine kultursatsingar, men denne tabellen er avgrensa til kva fylkeskommunen direkte er involvert i. Samla økonomisk omsetnad desse og andre kultursatsingar skapar i fylket er ikkje del av dette reknestykket. Tekst Budsjett

49 Side 5 av 16 (tala er oppgjevne i mill. kroner) 2014 Kultursektoren sitt nettobudsjett ,874 Budsjetterte inntekter ved kultursektoren i 2014, inkl. eigeninntekter, spelemidlar og andre tilskot som vi forvaltar, m.m. 76,617 Brutto kulturbudsjett ,491 Tekst (tala er oppgjevne i mill. kroner) Budsjett 2014 Kultursektoren sitt bruttobudsjett for ,491 Kommunale bidrag som kjem av konkrete avtalar 8,200 med m.a. fylkeskommunen Statlege overføringar som går direkte til mottakar, 60,300 der regionale bidrag er ein føresetnad. Regional kultursatsing (fylkeskommunal nettoløyving, statlege tilskot formidla gjennom fylkeskommunen og statlege og kommunale tilskot til fellesfinansiering av kultursatsingar i , Langsiktige driftsrammer Dei vedtekne endringane i inntektssystemet frå staten og andre inntektstap gjev fylkeskommunen store utfordringar i komande åra. Både omfanget av samla inntektstap og endringa av den statlege overgangsordninga gjer at dette vert svært vanskeleg. Endringane skal no gjennomførast i løpet av fem år. Finansutvalet har med bakgrunn i dette vedteke ei skisse til fordeling av salderingsutfordringane mellom sektorane. Kultursektoren skal i samsvar med dette greie ut moglege og langsiktige innsparingstiltak på 17. mill. kroner. Tabellen under syner fordelingane mellom sektorane. Sektor Potensiale skissert i hovudutvalsakene **) %- vis i høve justert ramme *) Finansutvalet sitt vedtak om utgreiingsnivå Forvaltning Opplæring Tannhelse Plan og næring Kultur Samferdsle Sum ( tala er oppgjeven i mill. kroner) *)Ramma for opplæring korrigert for alt innarbeidd nedgang som følgje av vedteken skulebruksplan. Ramma for plan og næring er korrigert for KMD-midlane, då desse ikkje kan nyttast til å saldere budsjett med. I tillegg er rammene korrigert for «sektoradministrasjon» i tråd med tilrådinga i pkt 7.1 i arbeidsdokument nr. 3. **) Hovudutvala skulle i sine saker i mai/ juni skissere moglege reduksjonar ved sektoren med vekt på lovpålagde oppgåver. Dette søm følgje av tingingar i finansutalet sine arbeidsdokument nr. 1 og 2. I arbeidsdokument nr. 3 heiter det: «Av dei «ikkje lovpålagde» sektorane/tenestene er det berre kultursektoren som har presentert det absolutte kjernenivået på sektoren i si saksframstilling. Ut frå den store salderingsutfordringa vi no står overfor, kan det bli aktuelt å gjere ei ny vurdering av kjernenivået på enkelte av dei andre sektorane og.»

50 Side 6 av 16 For å sikre så gode prosessar som råd har finansutvalet valt å dele arbeidet med økonomiutfordringane i to ulike prosessar. Fylkestinget i desember skal vedta budsjett 2015 og skisse til budsjett Ein overordna og forenkla økonomiplan for åra vert og handsama då. Hovudutvalet for kultur skal leggje fram ei tilråding til sektorbudsjett med vekt på satsingar i desse år, men skal og synleggjere eit innsparingsnivå i 2015 og Det skal vektleggast om desse er reversible og om dei er tenkt som kortvarige og mellombelse løysingar, eller er ein del av eit meir langsiktig perspektiv. Dette vert gjort i denne saka. Samstundes startar arbeidet med ein økonomiplan for perioden Denne skal vedtakast av fylkestinget i juni Dette vert ein meir omfattande prosess med vekt på å finne langsiktige innsparingstiltak. Hovudutval for kultur skal i oktober ta stilling til kva utgreiingar som skal gjerast for moglege langsiktige reduksjonar ved kultursektoren. 5. Vurderingar og konsekvensar Eit moderne samfunn utan ei brei satsing på kunst og kultur er utenkjeleg. I høyringsutkastet til kulturstrategi lyder visjonen: «Kulturaktivitet og kulturoppleving gir oss eit rikare liv og bygger identiteten vår!,» og det fyrste kulturpolitiske målet er: «Kultur har ein eigenverdi, og det er eit hovudmål å støtte og utvikle ulike kulturelle ytringsformer til beste for enkeltindivid og grupper av menneske i Sogn og Fjordane.» I dette ligg både kunst og kultur sin eigenverdi, men også det faktum at slik satsing er verdiskaping i form av gode fritidstilbod, arbeidsplassar, næringsutvikling og opplevingar. Kunstnarar og kulturarbeidarar, både friviljuge og profesjonelle, gir viktige bidrag til verdiskapinga i samfunnet. Fylkeskommunen si kultursatsing skal bidra til økonomisk, sosial og kulturell verdiskaping i fylket. Dette vert særleg viktig å leggje vekt i tider då dei økonomiske rammene vert mindre. Kultur vert ofte nytta som eit satsingsfelt for å snu ei negativ utvikling og bidra til positiv samfunnsutvikling. På tross av reduserte ramme handlar denne saka også om ei offensiv kultur- og samfunnsutvikling. Kultur er framleis viktig i seg sjølv og skal og i tida som kjem, bidra til positiv samfunnsutvikling. Konsekvensane av dei stramme økonomiske rammene krev difor tydlegare prioriteringar og ei enda klårare retning på kultursatsingane og den kulturpolitikk som vert ført. Bearbeidd utkast til kulturstrategi pr er lagt ved saka, jf. vedlegg 1. Eit viktig verkemiddel for å oppnå ei tydeleggjering av det offentlege ansvaret for kultursektoren er Kulturlova, som vart sett i verk 1. august Kulturlova lovfestar ansvaret staten, fylkeskommunen og kommunen har for kulturverksemd og gjer det til ei plikt å sikre at flest mogleg har tilgang til eit mangfaldig kulturtilbod. 6. Fordeling av budsjett 2015 på programområde, samt skisse til fordeling budsjett 2016 Fylkesdirektøren tilrår hovudutval for kultur å gjere vedtak om følgjande fordeling mellom programområda:

51 Side 7 av 16 Programområde B 2014 B 2015 B Bibliotek 6,662 6,022 5, Arkiv og kulturminneføremål 13,384 12,634 12, Museum 16,877 15,777 14, Kunstformidling 9,745 8,635 8, Kunstproduksjon 11,057 11,057 10, Fysisk aktivitet og idrett 3,041 3,041 2, Andre kulturaktivitetar 11,108 8,758 8,408 SUM 71,874 65,924 62,392 Fylkesdirektøren gir no ei omtale på tenestenivå. Aktuelle reduksjonar vert omtalt i Kap Bibliotek Fylkesbiblioteket Fylkesbiblioteket yter bibliotekfagleg rettleiing og assistanse til biblioteka, og arbeider aktivt for å utvikle gode bibliotektilbod i fylket. Eit satsingsområde er biblioteksamarbeid og betre utnytting av felles ressursar. I år arbeider fylkesbiblioteket spesielt med å få på plass forpliktande, regionvise samarbeid mellom biblioteka om drifts- og utviklingsoppgåver, der Nordfjord og indre Sunnfjord er først ute. Fylkesbiblioteket sørgjer for grunnleggjande infrastruktur som felles databasesøk og transportordning for media mellom biblioteka, organiserer eit fylkesdekkande samarbeid om e- bokutlån, tilbyr utlån av klassesett til skulane og har bokbåten som sørgjer for bibliotektilbod langs kysten. I prosjektet Lettare litteraturnett som er eit samarbeid med Nordland fylkesbibliotek vil ein utvikle ein nasjonal standard for digitale forfattarportalar basert på open kjeldekode, og presentere ei samla oversikt over forfattarar frå fylket. Gjennom Forskrift om bibliotekstatistikk har fylkesbiblioteket ansvar for innsamling og kvalitetssikring av bibliotekstatistikk i fylket. Fylkesbiblioteket arrangerer ei rekkje kurs og faglege samlingar for bibliotektilsette. I år startar fylkesbiblioteket bl.a. i samarbeid med NLA Høgskolen opp eit 15 stp kurs i munnleg formidling. Prosjektet Lesarhistorier ny veg til lesaren har også som mål å styrke formidlinga i biblioteka, og er eit samarbeid med bibliotek, skular og barnehagar i fylket samt Høgskolen i Oslo og Akershus. Vidare utvikling av kurstilbodet tek utgangspunkt i resultata frå kompetansekartlegginga som er gjennomført, jf. vedtak i HK-sak 37/14. Informasjonskompetanse, litteraturkunnskap, digital kompetanse, formidling og leiingskompetanse peikar seg ut som sentrale satsingsområde. I forslag til budsjett 2015 og 2016 er bokbåttenesta avvikla f.o.m Arkiv og kulturminneføremål Fylkesarkivet Fylkesarkivet arbeider for å etterkome dokumentasjonsbehovet, retten til innsyn i forvaltninga og for å sikre at nødvendig dokumentasjon av fortida er tilgjengeleg. Jf. Meld. St Fylkesarkivet tek vare på ein samla samfunnsdokumentasjon frå Sogn og Fjordane og syter for at denne dokumentasjonen er tilgjengelege for alle til ein kvar tid. Webtenestene gir tilgang til fotodatabasar, digitale arkivdokument, stadnamn på kart, folkemusikk og kulturhistorisk leksikon. I samlingane ligg det enorme mengder informasjon. Fylkesarkivet yter tenester til kommunane og fylkeskommunen slik at dei oppfyller lovkrava gjennom medlemskapen i kommunearkivordninga. Fylkesarkivet tek imot og handsamar foto- og privatarkiv i Sogn og Fjordane. Arkivering av stadnamn og musikktradisjonar er andre oppgåver. Kulturminne Fylkeskommunen har ei sentral rolle som forvaltar av kulturminne. Fylkeskommunen er delegert statlege mynde for kulturminne som er automatisk freda og for freda bygg (Forskrift om fagleg ansvarsdeling etter kulturminnelova). Fylkeskommunen gjennomfører årleg registrering av

52 Side 8 av 16 kulturminne. Dette arbeidet er sjølvfinansierande. Omfanget varierer frå år til år. I 2013 var omsetninga for dette arbeidet om lag 2 mill. kr. Fylkeskommunen sine prioriterte satsingar på kulturminnefeltet er forankra i det nasjonale kunnskapsløftet på kulturminneområdet (Stortingsmelding nr. 35, : Framtid med Fotfeste), i den regionale satsinga på natur og kulturarven som grunnlag for lokal samfunnsutvikling og verdiskaping (HPN- sak 71/13 ) og i utkast til Kulturstrategi Lokale kulturminneplanar Kulturminna er ein ressurs for verdiskaping og oppleving i lokalsamfunnet. Gjennom vår eiga satsing på lokale kulturminneplanar vil fokuset på kulturminna lokalt auke. Det er eit mål at kulturminneplanane vert eit nyttig og viktig verkty for kommunane både med tanke på kompetanseheving og på lokal samfunnsutvikling. Arbeidet er eit viktig bidrag til det nasjonale kunnskapsløftet på kulturminnefeltet. Det er i 2015 sett av 0,611 mill. kroner til prosjektet Verdiskapingsprosjekt Sogn og Fjordane fylkeskommune deltek i tre større verdiskapingsprosjekt på kulturminnefeltet: Kongevegen over Filefjell Reiseliv i industriens vogge Kystpilegrimsleia Rogaland Nidaros. Dette er samarbeidsprosjekt med fleire kommunar og fylkeskommunar. Prosjekta skal vidareførast i åra som kjem. Fylkeskommunen si utfordring er å stille opp med eigendel tilsvarande løyving frå Riksantikvaren. I 2015 og 2016 er det sett av 0,3 mill.kr kvart år innafor hovudutvalet si ramme. Dette vil likevel berre dekke omlag 1/3 av den forventa eigendelen i prosjekta. 760 Museum Summen som er sett av her, er fylkeskommunen sitt tilskot til drifta av Musea i Sogn og Fjordane og drifta av tusenårsstaden Gulatinget. For 2015 er fordelinga slik: Musea i Sogn og Fjordane kroner Tusenårsstaden Gulatinget kroner Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane har ansvar for drifta av dei regionale kulturhistoriske musea med sine underavdelingar, kunstmuseet med sine underavdelingar og Norsk Kvernsteinsenter. Fylkeskommunen yter tilskot til drifta av Musea i Sogn og Fjordane. I 2014 vart det løyvd 15,837 mill. Det er sett i gong arbeid med å forhandle fram ein ny finansieringsavtale mellom Musea i Sogn og Fjordane, kommunane og fylkeskommunen. Dette som erstatning for dagens avtale som vart utvikla for år sidan. Målet er at kommunane f.o.m bidreg med 15% av tilskotet, fylkeskommunen 25% og staten 60%. Difor er tenesta redusert med 1,1 mill. kr i 2015, 2,1 mill. kr i 2016 og 3,1 mill. kr i Tusenårsstaden Gulatinget Fylkeskommunen sitt tilskot til drift og utvikling av tusenårsstaden Gulatinget er 1,040 mill. kr i Fylkeskommunen svarar for 70 % og Gulen kommune svarar for 30 % av tilskotet til drifta. 771 Kunstformidling Føremålet med tenesta er å gje alle innbyggjarane eit mangfald av kulturtenester, der det er mogeleg å både delta sjølv, og oppleve profesjonell kunst og kultur. Programområdet omfattar driftskostnadar og løn til tenesteyting innan: Den kulturelle skulesekken Digital kulturformidling Kultur og helse o IMDI (integrering og mangfald) o Den kulturelle spaserstokken Musikk Fylkeskommunen får om lag 11,3 mill. kr i statleg stønad til desse tenestene.

53 Side 9 av 16 Den kulturelle skulesekken Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing på kultur for barn og unge. I Sogn og Fjordane når den alle born i grunnskulen med fire profesjonelle kulturopplevingar kvart år. Elevane i vg2 og vg3 og lærlingane får 1 2 tilbod i året. Fylkeskommunen rapporterer til Kulturdepartementet. Digital kulturformidling Det digitale vert ein stadig større og viktigare del av vårt arbeid. Målet er at digital formidling skal vere ein integrert og naturleg del av kunst- og kulturformidlinga i Sogn og Fjordane. Ein stor del av vårt publikum er storforbrukarar av digitale tenester. Dei ventar at formidling av kultur er tydeleg og lett tilgjengeleg. Vi må sørgje for utvikling, nyskaping og kreativitet i kulturformida. Digital kompetanse og formidling er prioritert i utkast til kulturstrategi Kultur og helse Kultur og helse er utviklings- og prosjektretta innsats for at alle skal ta del i ulike kulturopplevingar. Dette inneber satsing på betre tilgang for alle, integrering og betre samhandling mellom kultur- og helsesektor. Dette vert gjort med vekt på faget musikkterapi. Det er tett samarbeid med forskingsinstitusjonar, kommunar, institusjonar og frivillige i fylket. Vi arbeider med nettverk, rettleiing til kommunar og undervisning/forelesing på utdanningsinstitusjonar, samarbeidspart for gjennomføring for årleg kulturfestival for utvikingshemma i fylket, kurs, konferansar, prosjekt innan eldre og integrering og tiltak som fremjar og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd og tilgjenge for i alle i fylket regionalt og lokalt. For å nå reduksjonsnivået er det føreslått å stille ledig stilling i vakanse frå Den kulturelle spaserstokken Frå og med 2014 har fylkeskommunen fått forvaltningsansvaret for dei statlege tilskota til Den kulturelle spaserstokken. Tilskot frå staten vert gitt etter fordelingsnøkkel der følgjande variablar inngår: talet på personar over 70 år, geografiske avstandar og kulturell infrastruktur. Det er kommunane i fylket som kan søkje på desse løyvingane. Målet for Den kulturelle spaserstokken er å leggje til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren, slik at det kan utviklast gode kunst- og kulturprosjekt for eldre innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk. Musikk Fylkeskommunen har som mål å legge til rette for at musikk av høg kvalitet skal gjerast tilgjengelig for flest mogleg i fylket, slik at ein kan styrke omfanget og kvaliteten på formidlinga, stimulere til utvikling av tverrfaglege og fleirkulturelle produksjonar, legge til rette for stor sjangerbreidde og samarbeid mellom amatørar og profesjonelle, gjerne på tvers av sjangrane. Distriktsmusikarordninga Løyvinga til distriktsmusikarordninga er fylkeskommunen sin del av lønskostnadane (25%) knytt til 15 stillingar som distriktsmusikarar i Førde og Gloppen kommunar og i Sogn (Leikanger, Luster og Sogndal kommunar). Stillingane bidreg til at fylket har profesjonelle musikarar på høgt nivå, som også underviser også i kulturskulane. Fylkesmusikarordninga Ordninga er 25 år og er vedteke vidareført ved etablering av distriktsmusikarstillingar. Det er føreslått å stille ledig stillingar i vakanse for å nå reduksjonskravet. Skulekonsertar, barnehagekonsertar og grendakonsertar i samarbeid med Rikskonsertane. Skulekonsertordninga er ei nasjonal ordning som er finansiert av Kulturdepartementet. I barnehagekonsertordninga deler Rikskonsertane og fylkeskommunen kostnadene likt. Her når vi born heilt ned i 3-års alderen. Grendakonsertane er eit nytt tiltak der fylket er vald ut som pilotfylke i formidling av skulekonsertane også utanfor skuletid. Ordninga vert finansiert av Rikskonsertane.

54 Side 10 av Kunstproduksjon Tenesta inneheld fylkeskommunen sine avtalebaserte løyvingar til knutepunktinstitusjonane Norsk Countrytreff og Førdefestivalen, samt dei regionale kulturinstitusjonane Opera Nordfjord og Sogn og Fjordane teater. Føremålet med tenesta er å bidra til profesjonell kunst- og kulturproduksjon i Sogn og Fjordane. Institusjonane er svært viktige for regionen både med tanke på det å gi gode og mangfaldige kulturopplevingar og at vi har profesjonelle aktørarar som arrangørar og utøvande kunstnarar. Dei bidreg i stor grad til å marknadsføre fylket vårt. Dei fylkeskommunale løyvingane i 2014 på 11,057 mill. genererer statlege og kommunale midlar på 33,566 mill. Staten evaluerer no knutepunktordninga. Fylkeskommunen føljer opp dette arbeidet m.a. med eigen evaluering av Norsk Countrytreff og Førdefestivalen. Det er føreslått ein reduksjon på 0,5 mill. kroner i tenesta i Fysisk aktivitet og idrett Føremålet med tenesta er gje alle høve til å vere fysisk aktive, spreie kunnskap om fysisk aktivitet og bidra til at alle i fylket vert tilstrekkeleg fysisk aktiv. Dette er stadfesta i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv Tenesta inneheld løn- og driftskostnadar og: Tilskot til idrettsorganisasjon Fylkeskommunen støttar fylket sin største frivillige organisasjon, Sogn og Fjordane idrettskrins. Drift idrettsanlegg Fire langrennsanlegg er peika ut til å få fylkeskommunalt driftstilskot i perioden. Spelemidlar Fylkeskommunen har forvaltningsansvar for dei statlege spelemidlane til idrett-, nærmiljø- og friluftslivanlegg. Spelemidlane til anlegg for idrett, friluftsliv og kulturbygg som i 2014 utgjer 32,5 mill. kroner, skapar minimum ein omsetnad i byggenæringane på over 98 mill. kr. i Oppfølging regional plan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv vart vedteke i FT- sak 49/12. Det er ikkje sett av midlar til iverksetting av tiltaka i handlingsprogram tiltak. Det er difor ei utfording å realisere planen slik vedtaket legg opp til. Det er føreslått ein reduksjon på 0,1 mill. kroner i tenesta i Andre kulturaktivitetar Føremålet med tenesta er delt i to: Det eine føremålet er barne og ungdomssatsingar der ein legg vekt på kreativ eigenaktivitet og demokratibygging og kunnskapsheving i det å delta i demokratiet og politiske prosessar Det andre føremålet er å støtte økonomisk opp om frivillig sektor gjennom tilskot til organisasjonar, aktivitetar, utviklingstiltak, festivalar, stipend og fylkeskulturpris. Ungdomspolitisk utval og Fylkesting for ungdom Tenesta inneheld driftskostnadar til drift av ungdomspolitisk utval og gjennomføring av nettverkssamlingar for ungdomsråd i fylket samt det årlege Fylkesting for ungdom. Dette er viktige demokratiske organisasjonar for både deltaking i og læring av demokratiske prosessar. Ungdomens kulturmønstring (UKM) UKM bidreg til lokal aktivitet, og lærer dei unge kreativitet, det å skape og det å delta på store kulturarrangement. UKM er innarbeidd som den viktigaste visningsarena for barn og unge.

55 Side 11 av 16 Utviklingstiltak Dette er midlar til dristige, nyskapande kulturprosjekt i Sogn og Fjordane. Her ligg det i 2015 og 2016 inne vedtekne løyvingar til utviklingsavtale med Selje og løyving til Hafstadparken. Slik budsjettet no ser ut, er det ingen midlar til nye utviklingstiltak. Dette vil m.a. bety at det ikkje er rom for evt. ny avtale med Vestnorsk Filmsenter. Det nynorske språket Språket vårt handlar om identitet vår, som menneske og fylke. Nynorsk skal vera eit eige satsingsområde i den regionale politikken og kultursatsinga. Samhandling med kommunane Gjennom samarbeid og kompetansehevande tiltak vil kultursektoren søkje å styrkje kommunane si operative rolle og deira strategiske arbeid. Til dømes med satsinga lokale kulturminneplanar og regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv er det naturleg og i 2015 å ha fokus på desse fagområda. Dette er og to fagområder der vi ser at det er behov for lokal kompetanseheving. Kommunane kan vera aktuelle samarbeidspartar for fylkeskommunen både åleine og i lag med frivillige organisasjonar og andre. 7. Presisering av føreslåtte reduksjonstiltak Hovudutval for kultur har to gonger handsama budsjettsak og økonomiplan arbeidet. I den fyrste prioriterte utvalet mellom ulike kultursatsingar og i HK- sak 41/14 Drøfting av budsjett 2015 og 2016 og økonomiplan 2017 til 2019, Kultur fekk fylkesdirektøren til oppgåve å synleggjere reduksjonar i budsjett 2015 og 2016 med fokus på og konsekvensane av å: Avslutte bokbåttenesta f.o.m. andre halvår 2015 Ikkje tilsette i ledige stillingar Reduksjon i tilskot/overføringar Tiltak retta mot barn og unge, slik som UPU, FTU og UKM skal skjermast (første fasen) Omsyn til Sogn og Fjordane som nynorskfylke skal prioriterast Tilskot til frivillig arbeid er høgt prioritert I samsvar med dette legg no fylkesdirektøren fram sine vurderingar og si tilråding. For å realisere ein reduksjon på 3 mill. kroner i 2015 og ytterlegare 2 mill. kroner i 2016 meiner fylkesdirektøren at følgjande programområde og tenester må reduserast: Programområde Tiltak B 2015 B Bibliotek Bokbåten 0,640 1, Kunstformidling Fylkesmusikarordninga 0,900 0, Kunstformidling Kultur og helse 0,210 0, Kunstformidling Den kulturelle skulesekken 0, Kunstproduksjon Tilskot til regionale kulturinstitusjonar 0, Fysisk aktivitet og idrett Tilskot til Sogn og Fjordane idrettskrins 0, Andre kulturaktiviteter Kulturmidlar 0,900 0, Andre kulturaktiviteter Administrasjon 0,350 0,700 SUM 3,000 5,000 I det følgjande vert kvar reduksjon vurdert (alle tal er oppgjeve i mill. kroner): 7.1 Bokbåten Bokbåten har gitt mange gode opplevingar gjennom over 50 år. Tilboda er gitt i delar av fylket som elles ikkje har så mange tilbod lokalt. Sjølv om fylkesdirektøren er samd i dei utgreiingane som er gjort om bokbåten og ser viktigheita av eit slikt tilbod, er dette ei supplerande

56 Side 12 av 16 bibliotekteneste til det kommunane sjølve har ansvar for. Fylkesdirektøren ønskjer å prioritere arbeidet med å bidra til å utvike dei kommunale bibliotektenestene gjennom andre tiltak. Det vert meldt frå til Møre og Romsdal og Hordaland fylkeskommunar om at vi ikkje ser oss istand til å delta i dette samarbeidet lenger. Er tiltaket reversibelt? Er tiltaket mellombels eller dette ei mogleg langsiktig løysing? Ja Tiltaket kan vere mellombels, men fylkesdirektøren rår til at bokbåttenesta vert avvikla frå og med (langsiktig løysing). Økonomi Reduksjon i 2015 Reduksjon i 2016 Etter ein detaljert 0,640 1,300 gjennomgang er det mogleg å gjennomføre følgjande reduksjonar med verknad frå (leige av båt 0,4 mill kroner, personalkostnader 0,24 mill kroner). Endringa vil medføre overtaligheit i eit omfang av 0,7 årsverk. Konsekvensar Bokbåten har gjeve både eit bibliotekfagleg og kulturelt tilbod til mange i mindre bygder i fylket. Når dette tilbodet fell vekk vil nokre få redusert tilgang til kultur og bibliotektenester. Samstundes veit vi at nye tilbod som DKS, moderne teknologi og endra reisevaner vil kunne kompensere her. 7.2 Fylkesmusikarordninga Etter ei grundig evaluering med påfølgande utgreiing var det vedteke at Fylkesmusikarordninga skal vidareførast ved etablering av distriktsmusikarstillingar. Framdriftsplanen for endringane vart vedteke i HK-sak 38/13. Grunna den økonomiske situasjonen er no denne endringa utsett. Situasjonen er og slik at fleire av dei tilsette går av med pensjon i løpet av Det er ikkje tilsett nokon i desse stillingane. Det er difor som eit mellombels tiltak høve til å vente med tilsettinga i desse stillingane. Det gjev rom for innsparingar som presentert under. Er tiltaket reversibelt? Er tiltaket mellombels eller dette ei mogleg langsiktig løysing? Ja Tiltaket kan vere mellombels, men fylkesdirektøren vil i oktober rå til at fylkesmusikarordninga er ei av satsingane som skal greiast ut innanfor ramma av 17 mill. kroner. Økonomi Reduksjon i 2015 Reduksjon i 2016 Ledige stillingar gjev rom 0,900 0,900 for følgjande innsparingar: Konsekvensar Omfanget av fylkeskommunen si satsing på folkemusikk vert kraftig redusert. Om vi ser attende har fylkesmusikarane bidrege til utviklinga av ein levande tradisjon, der mellom anna mange unge utøvarar held eit særs høgt nivå, øvst i nasjonal samanheng. Fylkeskommunen ikkje lenger kunne bidra til ei slik utvikling i den grad. 7.3 Kultur og helse Innan satsinga Kultur og helse er det no to årsverk. Ein av dei fast tilsette er i permisjon. Det er tilsett vikar fram til Fylkesdirektøren tilrår at det ikkje vert tilsett vikar i stillinga vidare. Kjem den fast tilsette attende i løpet av 2015 eller 2016 vil det medføre overtaligheit. Er tiltaket reversibelt? Er tiltaket mellombels eller dette ei mogleg langsiktig løysing? Ja Tiltaket kan vere mellombels, men fylkesdirektøren vil i oktober rå til at Kultur og helse er ei av satsingane som skal greiast ut innanfor ramma av 17 mill. kroner. Økonomi Reduksjon i 2015 Reduksjon i 2016 Ledige stillingar gjev rom for følgjande innsparingar. Dette er lågare enn nokre av dei andre stillingane då 0,210 0,500

57 Side 13 av 16 stillinga generer inntekter som no går tapt. Konsekvensar Vår satsing på Kultur og helse, tidlegare Fylkessenter for musikkterapi, har vore i stor utvikling dei siste åra. Satsinga er i dag ein motor i utviklinga av kulturtilbod til grupper som treng ekstra tilrettelegging. Ei halvering av arbeidskapasiteten vil i stor grad stogge opp ei positiv og viktig utvikling. Det er og etablert eit godt samarbeid med høgskular og universitet som deltek i utviklinga og evalueringa av dei ulike tiltaka. Vi står i fare for å misse dette samarbeidet, då satsinga må ha eit visst omfang for å vere attraktivt for desse organisasjonane. 7.4 Den kulturelle skulesekken (DKS) Fylkesdirektøren finn det naudsynt å redusere dei administrative kostnadane ved den kulturelle skulesekken i Er tiltaket reversibelt? Er tiltaket mellombels eller dette ei mogleg langsiktig løysing? Ja Dette er ei mellombels løysing. Økonomi Reduksjon i 2015 Reduksjon i 2016 Dette er administrasjon utan 0,100 konsekvensar for stillingar. Konsekvensar Den delen av administrative kostnadar til DKS som ikkje omfattar stillingar er i 2014 på 0,455 mill. kroner, ein reduksjon på 0,1 mill. kroner vil setje satsinga under press. 7.5 Tilskot til regionale kulturinstitusjonar Ein stor del av kulturbudsjettet er knytt til satsinga på regionale kulturinstitusjonar der det er etablert eit samarbeid mellom stat, fylkeskommune og kommunar. Når det skal gjennomførast reduksjonar i dette omfang er det difor vanskeleg å unngå kutt i desse tenestene. Fylkesdirektøren tilrår ei reduksjon i 2016 som skal fordelast prosentvis i høve storleiken på tilskota til Førdefestivalen, Norsk Countrytreff, Opera Nordfjord og Sogn og Fjordane teater. Er tiltaket reversibelt? Er tiltaket mellombels eller dette ei mogleg langsiktig løysing? Ja Tiltaket kan vere mellombels, men fylkesdirektøren vil i oktober rå til at dette er ei av satsingane som skal greiast ut innanfor ramma av 17 mill. kroner. Økonomi Reduksjon i 2015 Reduksjon i ,500 Konsekvensar Ved å redusere i tilskota til dei store regionale kulturinstitusjonane set ein deira økonomi, høve til å drive og utvikle seg under press. Dette presset kan auke om staten og kommunane reduserer sine tilskot tilsvarande. Samla kan då kulturinstitusjonane misse opp til 1,67 mill. kroner i stønad. 7.6 Tilskot til Sogn og Fjordane idrettskrins Idretten og idrettskrinsen er ei svært viktig brikke i den omfattande innsatsen frivillig sektor gjer for å skapa gode levekår i Sogn og Fjordane. Likevel finn direktøren det riktig å fordele dei mellombelse reduksjonane mellom ulike regionale kulturaktørar og finn det då riktig å redusere noko og mellombels i tilskotet til Sogn og Fjordane idrettskrins. Er tiltaket reversibelt? Er tiltaket mellombels eller dette ei mogleg langsiktig løysing? Ja Tiltaket er mellombels. Økonomi Reduksjon i 2015 Reduksjon i ,100 Konsekvensar Tiltaket vil setje idrettskrinsen sin økonomi under press. 7.7 Kulturmidlar Omfanget av reduksjonar som skal setjast i verk i løpet kort tid og med rask verknad gjer at fylkesdirektøren finn det riktig å redusere noko i tilskot til lag og organisasjonar, festivalar og arrangement. Dette også med bakgrunn i drøftingane i hovudutval for kultur. Fylkesdirektøren meiner at reduksjonen gjer at fokuset på kvalitet og regional funksjon må aukast. Er tiltaket reversibelt? Er tiltaket mellombels eller dette ei mogleg langsiktig

58 Side 14 av 16 løysing? Ja Dette er tenkt som ei mellombels løysing, sjølv det også kan verte naudsynt å greie ut satsinga for å nå opp til ei utgreiingsramme på 17 mill. kroner. Økonomi Reduksjon i 2015 Reduksjon i 2016 I gjeldane økonomiplan er 0,900 0,900 det for 2015 sett av 4,541 mill. kroner til dette tiltaket. Denne tilrådinga gjev 0,9 mill. kroner i reduksjon og omfanget av satsinga er redusert til 3,641 mill. kroner. Konsekvensar Kulturmidlar utgjer ein stor del av fylkeskommunen sitt bidrag til det frivillige kulturlivet i fylket. I 2014 er det samla sett av 4, 510 mill. kroner til dette, der 0,2 mill. kroner av desse er statlege midlar. Ein reduksjon på 0,900 mill. kroner vil gjera at færre får stønad og stønadsbeløpa kan gå ned. Dette gjer at rammene for organisasjonane vert sett under press. Fylkesdirektøren opplever at sjølv små tilskot betyr mykje for mottakar, både økonomisk og som motivasjonsfaktor. 7.8 Andre kulturaktiviteter, administrasjon Ved kulturavdelinga er det, for utan allereie nemnde stillingar, ei mellombels stilling. Dette vikariatet varer ut juni Etter dette er stillinga ledig. Fylkesdirektøren finn ikkje rom for å lyse ut ei fast stilling no. Er tiltaket reversibelt? Er tiltaket mellombels eller dette ei mogleg langsiktig løysing? Ja Dette er ei mellombels løysing. Økonomi Reduksjon i 2015 Reduksjon i ,350 0,700 Konsekvensar Ved kultursektoren er dei ei stilling som har kulturutvikling som hovudområde. Når denne stillinga vert ståande ledig, tyder det at kultursektoren i liten grad kan vera ein aktiv kulturutviklar. Det er og ein fare at kultur som tema vert enda mindre synleg i den heilskaplege samfunnsutviklinga. 8. Investeringsrammer Kultursektoren har to investeringsprosjekt det har vore arbeidd mykje med over tid; fellesmagasin for musea i Sogn og Fjordane/formidlingsareal for Sunnfjord Museum og formidlingsbygg på tusenårsstaden Gulatinget. Begge prosjekta vart lagt inn i økonomiplanen med løyvingar i samband med vedtak i budsjett/økonomiplan i desember 2013, men tekne ut att av finansutvalet i møte Fylkesdirektøren sine vurderingar er at begge prosjekta representerer viktige kulturpolitiske satsingar i fylket. Det bør difor arbeidast vidare med å undersøkje alternative måtar å realisere satsingane på, jf følgjande vurderingar og tilrådingar frå fylkesrådmannen til finansutvalet i arbeidsdokument 4/14: «Fellesmagasinet Finansutvalet slutta seg a.dok 3/14 til at innarbeidd løyving til fellesmagasin for musea vart teken ut. Dei økonomiske utfordringane for fylkeskommunen er store, og gjer det ekstra utfordrande å finne rom for investeringar i den storleik det her er snakk om. Sjølv om utsiktene er vanskelege, ser fylkesrådmannen at musea har utfordringar i høve magasinkapasiteten, og at så lenge magasinutfordringa ikkje er løyst, vil musea ikkje komme vidare i utviklinga av si samlingsforvaltning. Eit fellesmagasin har vore føresetnaden mellom anna ved bygging av kunstmuseet i Førde. Det har også lagt som ein føresetnad at Sunnfjord Museum sine utfordringar (magasin, formidlingsareal, arbeidsplassar) skulle sjåast i samanheng med realiseringa av eit mogleg fellesmagasin. Fylkesrådmannen meiner difor at før fylkeskommunen kan konkludere endeleg i saka, bør vi gå i dialog med Musea i Sogn og Fjordane med tanke på å få vurdert ei tilstrekkeleg, men vesentleg rimelegare løysing. Eitt av alternativa som må vurderast i denne samanheng er desentralisert magasinering.

59 Side 15 av 16 For å kunne få gjort naudsynte vurderingar, vil fylkesrådmannen tilrå at løyvinga til fellesmagasinet førebels vert lagt inn att med eventuell oppstart i 2016 (forskyvd med 1 år). Det bør difor arbeidast vidare med dei økonomiske avklaringane og vurdering av alternative løysingar fram til handsaminga av økonomiplanen for i juni Musea i Sogn og Fjordane har bedt om ei avklaring om fylkeskommunen si evne til å bidra i det planlagte prosjektet «Kløften», jf vedlegg 2. Fylkesrådmannen meiner at vi alt no bør signalisere at dette prosjektet er for ambisiøst sett i høve til den økonomiske situasjonen fylkeskommunen no er i. Tilråding Finansutvalet ser at musea i Sogn og Fjordane har utfordringar i høve magasinkapasitet, og at dette hemmar dei i arbeidet med samlingsforvaltninga. Det vert difor lagt opp til å kartlegge alternative måtar å løyse magasinfordringa på som kan gje ei rimelegare løysing for fylkeskommunen. Herunder skal eventuell desentralisert magasinering vurderast. I påvente av denne utgreiinga vert løyvingane til fellesmagasin tekne inn att i økonomiplanen med eitt års forskyving. Formidlingssenter på tusenårsstaden Gulatinget I dette prosjektet er kommunen sin del av finansieringa på plass. I finansutvalet sitt møte 18.juni vart det stillt spørsmål ved om det er eit krav at fylkeskommunen er med på finansieringssida for at staten skal stille opp. Dette spørsmålet er avklara med staten. Det er ikkje eit krav at fylkeskommunen skal vere inne som finansieringspart i desse bygga. Departementet legg vekt på prosjektet/søknaden sin kvalitet, at prosjektet er fullfinansiert og elles oppfyller dei krav som er sett til denne typen bygg/søknader (nasjonale kulturbygg). Staten sitt bidrag i finansieringa vil vere inntil ein tredjedel av godkjent søknadssum. Ut frå dette kan t.d. Gulen kommune ta over dette prosjektet og arbeide vidare med å sjå om det er mogleg å fullfinansiere dette gjennom private midlar og tilskot frå staten. Tilråding: Det vert opna for Gulen kommune kan gå vidare med prosjektet «Formidlingssenter på tusenårsstaden Gulatinget» utan fylkeskommunal deltaking.» 9. Kontraktar og avtaler med eksterne partar Kultursektoren er særmerka med stor grad av økonomisk samarbeid og fellesfinansiering særleg mellom stat, fylkeskommune og kommunar. Dette gjeld først og fremst museum, teater, distriktsopera og knutepunktfestivalar. Finansieringa av tilskot til desse kulturinstitusjonane er sikra gjennom politisk vedtekne avtaler og vedtak i Stortinget. På den eine sida medfører avtalane drøftingar der ein kjenner på at det regionale handlingsrommet vert avgrensa. På den andre sida realiserer avtalane viktige regionale kultursatsingar som vi som ikkje ville makta å drive aleine. Fylkeskommunen samarbeider og med andre fylkeskommunar, kommunar i fylket, universitet og høgskular og lag og organisasjonar. Fylkesdirektøren vil kome nærare innpå desse avtalane i sak om økonomiplan i oktober. Dette med unnatak av dei avtalane som må avviklast eller endrast som følgje av vedtak i denne saka. I framlegg til vedtak omfattar det: Avtale om bokbåt. Denne avtalen vert gjort år for år. Noverande avtale går ut Det vert ikkje inngått nye avtaler om bokbåttenester i Sogn og Fjordane. Om framlegg til vedtak vert følgt opp må vi informere partane i avtalen om at vi ikkje deltek i samarbeidet etter 1. september Avtale om Musea i Sogn og Fjordane Avtale om Førdefestivalen Norsk Countrytreff, det er ikkje inngått avtale men statstilskotet er førande Avtale om Opera Nordfjord Avtale om Sogn og Fjordane Teater

60 Side 16 av 16 Desse avtalane er primært mellom kommunane og fylkeskommunen, men som ei følgje av ein statleg politikk som krev regional og lokal medfinansiering. I 2016 er det føreslått ein reduksjon som omfattar desse avtalane. Blir det aktuelt å setje i verk denne reduksjonen, meiner fylkesdirektøren institusjonane og samarbeidande kommunar må informerast om dette snarast. 10. Sentraladministrasjon- sektorbudsjett I mange år har storparten av dei administrative ressursane vore samla på forvaltningsbudsjettet. Ved årsskiftet vart desse fordelt ut til sektorane. Ramma til kultur auka frå 61,356 mill. kroner. til 71,874 mill. kroner. Finansutvalet har i handsaminga av arbeidsdokument nr. 3 vedteke at forvaltning skal greie ut ei mogleg reduksjon på 30 mill. kroner. For å klare dette ynskjer fylkesrådmannen igjen sjå heile sentraladministrasjonen under eitt. Det tyder i så fall at dei utgreiingane hovudutvalet skal vedta i oktober, berre skal omfatte satsingar og tenester, og ikkje den administrative delen. 11. Sektorspesifikke oppfølgingspunkt Finansutvalet trekkjer i arbeidsdokument nr. 3 fram tre særskilde oppfølgingspunkt for kultursektoren. Dette er: Bokbåten Fellesmagasin for musea Formidlingssenter tusenårsstaden Gulatinget Fylkesdirektøren viser til omtale av dei tre punkta i saka; bokbåten som del av kap 7, pkt 7.1 og investeringsprosjekta i kap Eksterne søknadar / marginallistetiltak Årleg kjem det inn søknadar til sektoren som er så omfattande at dei må vurderast som ein del av budsjettprosessen. Fylkesdirektøren kjenner no til to søknadar som er aktuelt å vurdere. Landsskyttarstemnet 2017 i Førde Førde skyttarlag søkjer om 0,8 mill. kroner til utvikling og tilrettelegging av skyttaranlegget i Kråkenesmarka/Vasslia i Førde i samband med at dei er tildelt Landsskyttarstemnet I eiga sak i dette hovudutvalsmøtet vert det tilrådd å gje eit tilskot i 2014 på 0,2 mill kroner. Dersom fylkeskommunen skal imøtekomme heile søknaden, står det att 0,6 mill kroner å løyve opp. Fylkesdirektøren kan ikkje sjå at det vert rom for tilskot i denne storleik dei kommande åra. Søknaden vert difor foreslått ført opp som marginallistetiltak i samband med budsjettarbeidet for 2015 og Fiskerimuseum/fiskerihistorisk senter i Måløy Ei interessentgruppe for fiskerimuseum/fiskerihistorisk opplevingssenter i Måløy har søkt fylkeskommunen om 5 mill kroner til delfinansiering av eit bygg i Måløy. Søknaden er sendt næringsavdelinga. Søknaden har vore drøfta på tvers av sektorane, og søkjarane har gitt ein felles presentasjon av prosjektet. Fylkesdirektøren viser til den økonomiske situasjonen for fylkeskommunen, og finn ikkje økonomisk rom for å tilrå tilskot til dette tiltaket. 13. Konklusjon Med bakgrunn i ovanståande utgreiingar, drøftingar og vurderingar, rår fylkesdirektøren til at hovudutval for kultur gir tilråding til finansutvalet i tråd med fylkesdirektøren sitt framlegg.

61 Side 1 av 14 Saksframlegg Saksbehandlar: Ingeborg Lie Fredheim, Opplæringsavdelinga Sak nr.: 14/ Budsjett 2015 og økonomiplan sektorbudsjett for opplæring ::: Sett inn innstillingen under denne linja Fylkesdirektøren rår hovudutvalet for opplæring til å gjere slikt vedtak: 1. Det vert gjort slik omdisponering i den økonomiske ramma for opplæring: Utviklingsmidlar til disposisjon for HO -0,5-0,5-0,5-0,5-0,5 Fellesutgifter for skulane 2,4 2,2 2,1 1,0 1,0 PP-tenesta 0,2 0,2 Gratis læremiddel/pc-ordninga -2,0-1,8-1,6-0,5-0,5 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 2. Opplæringssektoren tilpassar seg rammeutfordringane i 2015 og 2016 slik: Teneste/tiltak: Jordbruksskulegardar (ufordelt løyving) -0,4-0,4-0,4 Tilskot til vaksenopplæringsforbundet (VOFO) -0,2-0,2-0,2 Spissa idrettstilbod i vidaregåande opplæring for potensielle idrettsutøvarar Midlar til pedagogisk utviklingsarbeid -0,5-0,5-0,5 Analyse av elev- og lærlingundersøking -0,3-0,2-0,3 Skule- og tilbodsstruktur, Hordalandsavtalen -1,6-3,6 Digital satsing - kompetanseutvikling -1,0-1,0-1,0 Fagnettverk -0,2-0,2-0,2 Gratis læremiddel/pc-ordninga -0,4-0,9-0,4 Sum innsparing -3,0-5,0-6,6 ::: Sett inn innstillingen over denne linja... Sett inn saksutredningen under denne linja Vedlegg: 1. Tilbakemelding frå Vaksenopplæringsforbundet i Sogn og Fjordane (VOFO): Konsekvensar av å ta bort den fylkeskommunale løyvinga til VOFO (vert ettersendt) 2. Tilbakemelding frå Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane: Konsekvensutgreiing av å ta bort den fylkeskommunale løyvinga til tilskot til elevorganisasjonar 3. Notat, datert , frå bygge- og eigedomssjefen til hovudutvalet for opplæring

62 Side 2 av 14 Andre dokument som ikkje ligg ved: 1. HO-sak 18/14: Budsjett 2015 og økonomiplan prioritering i opplæringssektoren 2. Arbeidsdokument 3/14 frå fylkesrådmannen til finansutvalet SAKSFRAMSTILLING Samandrag Fylkesdirektøren for opplæring legg med dette fram skisse til saldert sektorbudsjett for 2015 og Saksutgreiinga er i to delar; ein felles del til alle hovudutvala og ein sektorspesifikk del for kvart hovudutval. Fellesdelen inneheld ein omtale av dei økonomiske utfordringane for fylkeskommunen og budsjettprosessen som er sett i gang. Den sektorspesifikke delen tek utgangspunkt i dei økonomiske rammene for opplæringssektoren og endringar i den økonomiske ramma tilrådd i arbeidsdokument 4/14 frå fylkesrådmannen til finansutvalet. Fylkesdirektøren kjem i saka med tilråding til omdisponering i den økonomiske ramma for opplæring og til korleis sektoren i økonomiplanperioden best kan tilpasse seg rammeutfordringane i 2015 og Fylkesdirektøren vil kome attende til utfordringane knytte til dei langsiktige driftsrammene og målekart for sektoren i sak til hovudutvalet i oktober. A FELLESDEL Fylkesrådmannen si innleiing Fylkeskommunen står no overfor den mest krevjande budsjett- og økonomiplanprosessen nokon sinne. Nytt inntektssystem (IS) gjev ein vesentleg rammereduksjon for Sogn og Fjordane. Justert for pårekna tapskompensasjon første året og alt forventa inntektsreduksjon, aukar salderingsutfordringa vår som følgje av det nye systemet slik: Netto auka salderingsutfordring som følgje av nytt IS -8,7-60,7-112,7-164,7-223,7 Ei slik endring i eksterne rammeføresetnader vil stille store krav til omstilling, og gjennom det store krav til organisasjonen vår. I arbeidsdokument 3/14 til finansutvalet la fylkesrådmannen fram følgjande køyrereglar han meiner må vere sentrale gjennom heile denne prosessen: 1. Vi må setje innbyggjarane sitt beste i fokus 2. Vi må vise respekt for alle tilsette 3. Vi må følgje gjeldande lover og forskrifter 4. Oppgåver kan vere lovpålagte, ikkje løysingsmåten 5. Alle reduksjonsforslag må vere tilstrekkeleg utgreidde 6. Vi må planlegge og budsjettere realistisk 7. Vi må vurdere oppgåver og tenester, vekk med ostehøvelen 8. Vi må framleis ha nokre vekstelement i budsjetta 9. Vi må sikre rett og nok kompetanse i føreståande arbeid

63 Side 3 av Vi må framleis arbeide for å betre rammevilkåra våre Køyrereglane vart positivt mottekne i finansutvalet, og fylkesrådmannen tillet seg difor å gjenta dei innleiingsvis i hovudutvalssakene. Justert budsjett- og økonomiplanprosess Den store reduksjonen i framtidige inntekter vil føre til at heile den fylkeskommunale verksemda må vurderast. Dette arbeidet er omfattande og vil ta tid. Finansutvalet vedtok som følgje av dette å dele den vidare budsjettprosessen opp slik: Prosess Budsjett 2015 Rammer for 2015 i finansutvalet Detaljbudsjett 2015 i hovudutvala sept. 14 Slutthandsaming i Fylkestinget des. 14 Budsjett 2016 Rammer for 2016 i finansutvalet Skisse til naudsynte tiltak i hovudutvala sept. 14 Vedtak i Fylkestinget des.14 Ev. utgreiingar og implement. i 2015 Økonomiplan Prosessvedtak i finansutvalet Hovudutvala vert utfordra oktober og november 14 Saldering av økonomiplan teknisk i FT des. 14 Økonomiplanarbeid våren 2015 Vedtak i fylkestinget juni 2015 Som ein konsekvens av denne oppdelinga har hovudutvala fått to oppdrag no i haust; i september (gjennom denne saka) skal hovudutvala vise korleis sektoren på best mogleg måte kan tilpasse seg følgjande rammeutfordringar på kort sikt: Forvaltning Opplæring -3-5 Tannhelse -3-3 Plan og næring -3-5 Kultur -3-5 Samferdsle Sum utgreiingsrammer Med bakgrunn i hovudutvala sine framlegg i denne saka skal finansutvalet 24. september drøfte den kortsiktige tilpassinga til skisserte rammeutfordringar ( ). I slutten av oktober skal hovudutvala kome med framlegg til kva område som skal nærare utgreiast for å oppnå innsparingar på lang sikt. Finansutvalet har fastsett følgjande utgreiingsrammer for sektorane:

64 Side 4 av Forvaltning 30 Opplæring 88 Tannhelse 11 Plan og næring 11 Kultur 17 Samferdsle 130 Sum utgreiingsrammer 287 Hovudutvala sine framlegg til utgreiingsområde vert drøfta i finansutvalet 5. november, og skal vedtakast som ein del av budsjettet i desember Sjølve utgreiingane skal gjerast våren 2015, med sikte på å gjere retningsgjevande innsparingsvedtak i økonomiplanen i juni B SEKTORSPESIFIKK DEL Som ein del av prosessen med budsjett 2015 og økonomiplan la fylkesdirektøren for opplæring fram HO-sak 18/14 Budsjett 2015 og økonomiplan prioritering i opplæringssektoren til handsaming for hovudutvalet på møtet 17. juni Hovudutvalet gjorde følgjande vedtak i saka: «Hovudutvalet tek saksutgreiinga og framlegga til moglege innsparingar til orientering. Hovudutvalet merkar seg innspela frå fagopplæringsnemnda, og ber om at dei vert vidaresendt til finansutvalet som ein del av sakstilfanget. Hovudutvalet ber om å få utgreia potensialet for innsparing i energikostnader i bygningsmassen for vidaregåande skule, ut frå ein "best praksis"-strategi der ein nyttar røynsler og kompetanse frå dei skulane som har lågast energibruk pr. m2.» Finansutvalet handsama arbeidsdokument 3/14 frå fylkesrådmannen på møtet 18. juni Saksutgreiing og vedtak frå handsaminga i hovudutvala låg som vedlegg til arbeidsdokument 3/14 frå fylkesrådmannen til finansutvalet. 1. BUDSJETT 2015 OG 2016 Fylkesdirektøren tek i arbeidet med budsjettet for 2015 og 2016 utgangspunkt i endringar av den økonomiske ramma for opplæring, tilrådd i arbeidsdokument 4/14 frå fylkesrådmannen til finansutvalet. Vidare tilrår fylkesdirektøren omdisponering av midlar i den økonomiske ramma for sektoren. Til slutt kjem fylkesdirektøren med tilråding til korleis sektoren i økonomiplanperioden best kan tilpasse seg rammeutfordringane i 2015 og Endring av den økonomiske ramma for opplæring I det samla budsjettopplegget frå fylkesrådmannen, arbeidsdokument 4/14, vert den økonomiske ramma for opplæringssektoren tilrådd endra slik: Vidareføring av tilrådde endringar i tertialrapport 2/14 Fellesutgifter for skulane - lisensavtalar Sogn og Fjordane fylkeskommune har frå 2014 inngått ny avtale om lisens for opptak av kringkastingsprogram til bruk i opplæringa og tilleggsavtale om bruk av musikk i opplæringa. Avtalen inneber ein årleg kostnadsauke på om lag 0,09 mill. kr. I tertialrapport 2/14 vart budsjettet auka tilsvarande. Fylkesrådmannen rår til at løyvingsnivået i 2014 vert vidareført i økonomiplanperioden.

65 Side 5 av 14 Tilskot til lærebedrifter I 2014 er budsjettet for tilskot til lærebedrifter tilrådd auka med til saman 11,3 mill. kr (tertialrapport 1 og 2). Løyvinga til tilskot til lærebedrifter er ei anslagsløyving, og det er uvisse knytt til prognosane for Fylkesrådmannen rår til at løyvingsnivået i 2014 vert vidareført i økonomiplanperioden. Fylkesrådmannen vil arbeide vidare med prognose for bruken av tilskotsmidlar. Fagprøver I tertialrapport 2/14 er budsjettet for fagprøver tilrådd auka med 1,0 mill. kr. Fylkesrådmannen rår til at løyvingsnivået i 2014 vert vidareført i økonomiplanperioden. Forsering av innsparing som følgje av strukturendringane i skulebruksplanen Strukturendringane som følgje av skulebruksplanen vart iverksette frå hausten Det har vore knytt stor uvisse til dei økonomiske konsekvensane av strukturendringane på kort sikt. Det er difor i gjeldande økonomiplan, fram til hausten 2016, berre lagt inn ein reduksjon i budsjettet tilsvarande reduksjon av opplæringstilbodet med to grupper frå hausten 2014 og to grupper frå hausten Det er ikkje budsjettert med innsparingar som følgje av strukturendringane før hausten I samband med tertialrapport 2/14 er det frå hausten 2014 berekna ei samla årleg innsparing på 7,3 mill. kr som følgje av strukturendringane i skulebruksplanen. Innsparingane fordeler seg slik på tenester: Teneste Utgifter til lokale -1,7-0, Forvaltning og fellesutgifter -2,3-1, Pedagogisk leiing mv./5210 Utdanningsprogramma -3,3-1,8 Sum -7,3-4,0 Fylkesrådmannen rår i arbeidsdokument 4/14 til at budsjettet for 2015 og 2016 (effekten for våren) vert redusert etter fordelinga i tabellen over. Frå hausten 2016 er innsparingskravet knytt til skulebruksplanen innarbeidd i den økonomiske ramma for opplæringssektoren. Omstillingstiltak for pedagogisk personale I samband med gjennomføring av skulebruksplanen vart det, i gjeldande økonomiplan, for 2015 sett av om lag 20,7 mill. kr til omstillingstiltak for pedagogisk personale. Det er stor uvisse knytt til behovet for omstillingsmidlar. Ut frå erfaringa med omstillingsarbeidet i 2014 rår fylkesrådmannen likevel til at løyvinga til omstillingsmidlar i 2015 vert redusert med 9,5 mill. kr. Flytting av midlar øyremerkte vg3 i skule frå Tilskot til lærebedrifter til Utdanningsprogramma teknisk endring Som oppfølging av HO-sak 08/14 Justering av opplæringstilbodet for skuleåret vart den økonomiske ramma for tilskot til lærebedrifter, i arbeidsdokument 2/14 frå fylkesrådmannen til finansutvalet, styrkt med 4,2 mill. kr øyremerka vg3 i skule. Etter Kostra skal kostnader knytte til opplæring i skule (inkl. vg3 i skule) førast på utdanningsprogramma. Fylkesrådmannen tilrår difor at dei øyremerkte midlane vert flytta til utdanningsprogramma. Tilrådde endringar av den økonomiske ramma for opplæring i arbeidsdokument 4/14 kan oppsummerast slik:

66 Side 6 av Fellesutgifter for skulane - lisensavtalar 0,1 0,1 0,1 0,1 0,1 Tilskot til lærebedrifter 1,0 1,0 1,0 1,0 1,0 Fagprøver 1,0 1,0 1,0 1,0 1,0 Forsering av innsparing som følgje av strukturendringane i skulebruksplanen -7,3-4,0 Omstillingsmidlar -9,5 Utdanningsprogramma - vg3 i skule 4,2 4,2 4,2 4,2 4,2 Tilskot til lærebedrifter - vg3 i skule -4,2-4,2-4,2-4,2-4,2-14,7-1,9 2,1 2,1 2,1 1.2 Omdisponering i den økonomiske ramma for opplæring Under følgjer fylkesrådmannen si tilråding til omdisponering i den økonomiske ramma for opplæring: Utviklingsmidlar til disposisjon for hovudutvalet for opplæring (HO) Det har over fleire å vore budsjettert med utviklingsmidlar til disposisjon for hovudutvala. Dei siste åra har løyvinga vore nytta til å finansiere satsingar og salderingsutfordringar i sektoren. Det er frå 2015 budsjettert med 0,5 mill. kr årleg til disposisjon for HO. Fylkesdirektøren rår til at løyvinga i økonomiplanperioden vert øyremerkt delfinansiering av nytt skuleadministrativt system. Fellesutgifter for skulane Nytt skuleadministrativt system I HO-sak 18/14 heiter det m.a.: «I HO-sak 3/14 Finansiering av utvikling (kjøp) av nytt felles skuleadministrativt system vert forventa mindreforbruk på løyvinga til gratis læremiddel i 2014 tilrådd overført til finansiering av utvikling (kjøp) av nytt skuleadministrativt system (SAS) med om lag 1,8 mill. kr. Omdisponeringa er innarbeidd i tertialrapport 1/14. I vedtaket i HO-sak 3/14 heiter det vidare m.a.: «For åra må finansieringa innarbeidast i budsjett og økonomiplan.» Kostnadene ved nytt SAS for Sogn og Fjordane er berekna til følgjande: Investeringskostnader 2,386 2,189 1,089 Driftskostnader 1,011 Sum 2,386 2,189 2,100 Kostnaden ved lokalt mottaksapparat kjem i tillegg til estimert investeringskostnad. Det er enno for tidleg å kunne estimere kostnadane ved dei lokale mottaksprosjekta. Fylkesdirektøren tilrår at finansiering av investering og eventuell auke i driftskostnader som følgje av nytt skuleadministrativt system (SAS) frå 2015 vert finansiert over eventuelle innsparte midlar på gratis læremiddel/pc-ordninga og den lånefinansierte utstyrsløyvinga.» Fylkesdirektøren føreset at det frå 2018 berre vert utgifter til drift av nytt SAS, og at driftsutgifta vert om lag som nivået stipulert for Auka lisensutgifter Kostnadene ved diverse lisensavtalar for skulane har i løpet av fleire år auka utan at budsjettet har blitt justert tilsvarande. Som følgje av mindreforbruk på flyttegodtgjersle, har samla forbruk kome ut om lag som budsjettert.

67 Side 7 av 14 Det er årleg budsjettert med 0,07 mill. kr til dekking av flyttegodtgjersle i sektoren. Etter fylkesdirektøren si vurdering er det ikkje behov for sentrale midlar til føremålet, då det er naturleg at eventuell flyttegodtgjersle vert dekka lokalt (på den einskilde institusjon). Det har dei siste åra i liten grad vore nytta midlar av den sentrale potten til føremålet. Fylkesdirektøren rår til at avsette midlar til flyttegodtgjersle frå 2015, som ei varig ordning, vert omdisponert til styrke budsjettet for lisensutgifter. Styrking av det systemretta arbeidet i PP-tenesta Fylkeskommunen har samarbeidsavtalar med kommunane om kjøp og sal av pp-tenester. Som ei særskild satsing for å styrke det systemretta arbeidet i PPT, ser fylkesdirektøren det som ønskjeleg å styrke PPT Eid og Vågsøy i 2015 og Satsinga føreset samarbeid med dei aktuelle kommunane. Fylkesdirektøren rår til at budsjettet for PPT for 2015 og 2016 årleg vert styrka med 0,15 mill. kr til føremålet. Gratis læremiddel/pc-ordninga I HO-sak 18/14 heiter det m.a.: «Etter budsjettreglementet har fylkesrådmannen høve til å sjå løyvingane til gratis læremiddel og PC-ordninga i samanheng og å sjå desse løyvingane i driftsbudsjettet i samanheng med avsette midlar til PC-ordninga i investeringsbudsjettet. Rekneskapsresultatet i 2013 viser ei innsparing på løyvinga i driftsbudsjettet med om lag 2,0 mill. kr. Det er forventa innsparing på løyvinga også i 2014.» I FT-sak 17/14 Tertialrapport1/14 vart det vedteke å omdisponere i overkant av 1,8 mill. kr frå budsjettet for drift av PC-ordninga og ordninga med gratis læremiddel til finansiering av utvikling (kjøp) av nytt skuleadministrativt system (SAS). I tertialrapport 2/14 rår fylkesrådmannen til at driftsbudsjettet for gratis læremiddel/pc-ordninga vert redusert med ytterlegare 1,0 mill. kr. Fylkesdirektøren rår til å omdisponere midlar frå gratis læremiddel/pc-ordninga med 1,9 mill. kr i 2015, 1,8 mill. kr i 2016 og 1,7 mill. kr i 2017, til delfinansiering av utvikling (kjøp) av nytt SAS. Frå 2018 rår fylkesdirektøren til ei årleg omdisponering frå gratis læremiddel/pc-ordninga på 0,5 mill. kr til drift av nytt SAS. Fylkesrådmannen rår vidare til å omdisponere 0,15 mill. kr årleg for 2015 og 2016 for å styrke det systemretta arbeidet i PPT. Fylkesdirektøren si tilråding til omdisponering i den økonomiske ramma for opplæring kan oppsummerast slik: Utviklingsmidlar til disposisjon for HO -0,5-0,5-0,5-0,5-0,5 Fellesutgifter for skulane 2,4 2,2 2,1 1,0 1,0 PP-tenesta 0,2 0,2 Gratis læremiddel/pc-ordninga -2,0-1,8-1,6-0,5-0,5 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 Tilråding Hovudutvalet for opplæring sluttar seg til fylkesdirektøren si tilråding til omdisponering i den økonomiske ramma for opplæring. 1.3 Prioritering i opplæringssektoren I HO-sak 18/14 tilrådde fylkesdirektøren følgjande overordna gruppering og prioriteringsrekkefølgje for tenestene i opplæringssektoren:

68 Side 8 av Kjernenivå for lovpålagde tenester 2. Lovpålagde tenester som blir vurderte til ikkje å ha innsparingspotensiale 3. Lovpålagde tenester som blir vurderte til å ha innsparingspotensiale, lovpålagde tenester der mogleg innsparingspotensiale og konsekvensar av reduksjon i løyvingane krev nærare utgreiing og ikkje lovpålagde tenester. Det vart ikkje rangert mellom dei ulike tiltaka i kvart av dei overordna grupperingspunkta 1 og 2. Med bakgrunn i God-betre-best! og vedteke målekart gav fylkesdirektøren, under overordna grupperingspunkt 3, høgst prioritet til tiltak som vart vurderte til å kome elevane direkte til gode og tiltak som vart vurderte til å medverke til auka gjennomføring. På bakgrunn av prioriteringane i HO-sak 18/14 har fylkesdirektøren følgjande framlegg til kva innsparingstiltak som bør setjast i verk dersom opplæringssektoren si økonomiske ramme årleg vert redusert med 3,0 mill. kr frå 2015, aukande til 5 mill. kr frå 2016: Prioritet HOsak 18/ Utgreiingsramme for innsparingar -3,0-5,0-88,0 Teneste/tiltak: Jordbruksskulegardar (ufordelt løyving) 35-0,4-0,4-0,4 Tilskot til vaksenopplæringsforbundet (VOFO) 34-0,2-0,2-0,2 Spissa idrettstilbod i vidaregåande opplæring for potensielle idrettsutøvarar 33 Midlar til pedagogisk utviklingsarbeid 32-0,5-0,5-0,5 Analyse av elev- og lærlingundersøking 30-0,3-0,2-0,3 Skule- og tilbodsstruktur, Hordalandsavtalen 29-1,6-3,6 Digital satsing - kompetanseutvikling 28-1,0-1,0-1,0 Fagnettverk 24-0,2-0,2-0,2 Gratis læremiddel/pc-ordninga 18-0,4-0,9-0,4 Sum innsparing -3,0-5,0-6,6 Rest utgreiingsramme 0,0 0,0-81,4 Tabellen viser den økonomiske verknaden av innsparingstiltaka i økonomiplanperioden. Under følgjer ein nærare omtale av dei skisserte innsparingstiltaka. Innsparingspotensialet knytt til dei einskilde tiltaka er korrigert for verknaden av gjennomføring av vedteken skulebruksplan. Jordbruksskulegardar I HO-sak 18/14 heiter det: «Årleg budsjettløyving: 3,0 mill. kr. Årleg budsjettløyving etter iverksetjing av skulebruksplanen: 3,0 mill. kr Mogleg innsparing på kort sikt: 0,6 mill. kr Mogleg innsparing på lang sikt: 0,6 mill. kr Føremålet med jordbruksskulegarden er å gje læreplanfesta praksisopplæring for elevar i naturbruksopplæringa ved Mo og Øyrane vidaregåande skule. Fylkeskommunen nyttar årleg 2,4 mill. kr for å dekke netto driftsutgifter for jordbruksskulegarden på Mo. Fylkestinget løyver i sitt budsjett ei ramme («ufordelt pott»), som fylkesdirektøren disponerer i samband med budsjett-tildeling til jordbruksskulegarden. Nettoløyvinga til jordbruksskulegarden vart i løpet av nokre år redusert, m.a. som følgje av at det i budsjettet vart føresett auke i inntektene for garden. Inntektsføresetnadene for drifta av skulegarden kan variere frå år til år. Som følgje av dette er ikkje den ufordelte potten redusert tilsvarande. Erfaring viser at det budsjetterte inntektsnivået er på eit realistisk nivå og fylkesdirektøren meiner difor den ufordelte potten til føremålet frå 2015 kan reduserast med 0,6 mill. kr. Slik reduksjon har ikkje konsekvensar for tildelinga til jordbruksskulegarden.

69 Side 9 av 14 Dersom løyvingsnivået vert redusert i høve nivået på 2,4 mill. kr årleg, vil skulen ikkje kunne gje eit kvalitativt godt nok tilbod i samsvar med læreplanen.» Fylkesdirektøren må korrigere talgrunnlaget i dette tiltakspunktet, då rett sum for årleg løyving til jordbruksskulegarden er 2,6 mill. kr. På bakgrunn av dette rår fylkesdirektøren til at budsjettet for ufordelt pott til jordbruksskulegardar årleg vert redusert med 0,4 mill. kr som eit varig innsparingstiltak frå Tilskot til Vaksenopplæringsforbundet i Sogn og Fjordane (VOFO) I HO-sak 18/14 heiter det: «Årleg budsjettløyving: 0,2 mill. kr. Mogleg innsparing på kort sikt: 0,2 Mogleg innsparing på lang sikt: 0,2 Fylkeskommunen yter årleg ei tilskot på 0,2 mill. kr i driftstilskot til vaksenopplæringsforbundet. Tenesta er ikkje lovpålagt. Reduksjon eller bortfall av tilskotet vil gje negative konsekvensar og skape usikre vilkår for vidare drift av VOFO Sogn og Fjordane.» Med dei økonomiske utfordringane fylkeskommunen står overfor kan fylkesdirektøren ikkje tilrå at løyvinga skal vidareførast. Fylkesdirektøren rår til at det fylkeskommunale tilskotet til VOFO vert teke bort som eit varig innsparingstiltak frå Fylkesdirektøren har vore i kontakt med VOFO Sogn og Fjordane og bede om deira vurdering av konsekvensane av at det fylkeskommunale tilskotet vert teke bort frå VOFO har meldt at dei vil kome med tilbakemelding i løpet av veke 38. Vurderinga frå VOFO vil bli ettersendt til hovudutvalet, som ein del av grunnlaget for handsaming av denne saka (vedlegg 1). Spissa idrettstilbod i vidaregåande opplæring for potensielle idrettsutøvarar I HO-sak 18/14 heiter det: «Årleg budsjettløyving: 0,8 mill. kr (er finansiert ut skuleåret ) Årleg budsjettløyving etter iverksetjing av skulebruksplanen: 0,8 mill. kr Mogleg innsparing på kort sikt: ingen Mogleg innsparing på lang sikt: ingen Tilbodet vart starta opp hausten 2012 og gjeld potensielle toppidrettsutøvarar i idrettane skiskyting (Stryn vidaregåande skule), fotball (Sogndal vidaregåande skule) og volleyball (Hafstad vidaregåande skule). Det er lagt til rette for inntil 5 elevar pr. årstrinn i kvar idrett, samla 15 elevar pr. skule. Sogn og Fjordane idrettskrins gjer dei idrettsfaglege vurderingane og prioriterer for inntak. Prioriterte søkjarar har til no fått reservert plass. Det er vedteke at ordninga skal evaluerast i forkant av utlysing av opplæringstilbodet for Evalueringa er planlagt lagt fram for hovudutval for opplæring i september Ordninga skal evaluerast ut frå fleire kriteria: søking til tilboda, reduksjon i tal søkjarar til toppidrettstilbod utanfor fylke og sportslege resultat. Konsekvensane ved å leggje ned tilbodet må vurderast i samband med evalueringa. Ordninga er finansiert fram til våren Dersom tiltaket skal vidareførast må det løyvast midlar til ordninga frå hausten 2017.» Fylkesdirektøren legg fram eiga sak om evaluering av spissa idrettstilbod for hovudutvalet for opplæring på møtet 23. september. Fylkesdirektøren rår i saka til at ordninga med spissa idrettstilbod ikkje vert vidareført, og at det ikkje vert teke inn nye elevar til ordninga frå hausten Tiltaket har ikkje innsparingspotensiale, då ordninga med spissa idrettstilbod berre er finansiert fram til og med skuleåret Den økonomiske «gevinsten» er knytt til å unngå auka driftsutgifter frå hausten 2017.

70 Side 10 av 14 Midlar til pedagogisk utviklingsarbeid I HO-sak 18/14 heiter det: «Årleg budsjettløyving: 0,5 mill. kr. Årleg budsjettløyving etter iverksetjing av skulebruksplanen: 0,5 mill. kr Mogleg innsparing på kort sikt: 0,5 mill. kr Mogleg innsparing på lang sikt: 0,5 mill. kr Løyvinga skal gå til å finansiere særskilt pedagogisk utviklingsarbeid i sektoren. For åra 2013 og 2014 vart løyvinga teke bort for å finansiere satsingar og salderingsutfordring i opplæringssektoren. Dersom løyvinga vert teke bort eller redusert vil dette medføre mindre rom for pedagogisk utviklingsarbeid i sektoren.» Med bakgrunn i dei økonomiske utfordringane for fylkeskommunen rår fylkesdirektøren til at løyvinga til pedagogisk utviklingsarbeid vert teken bort som eit varig innsparingstiltak frå Tilskot til elevorganisasjonar I HO-sak 18/14 heiter det: «Årleg budsjettløyving: 0,04 mill. kr Mogleg innsparing på kort sikt: 0,04 Mogleg innsparing på lang sikt: 0,04 Fylkeskommunen set årleg av 0,04 mill. kr til tilskot til drift av elevorganisasjonar. I 2013 vart det tildelt 0,02 mill. kr til føremålet.» Fylkesdirektøren har vore i kontakt med Elevorganisasjonen og bede om deira vurdering av konsekvensane av at det fylkeskommunale tilskotet vert teke bort frå Tilbakemelding frå Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane følgjer som vedlegg 2. Elevorganisasjonen oppsummerer hovudkonsekvensane av å fjerne driftstilskotet slik: «Kan ikkje avhalde nødvendige arrangement Sogn og Fjordane vil miste engasjert ungdom Får ikkje reist til skular og halde foredrag, og oppretthalde det nære forholdet vi som organisasjon har med grasrota. Får ikkje deltatt på nasjonale arrangement innad i organisasjonen» Fylkesdirektøren er samd med Elevorganisasjonen i at dei har ei viktig rolle m.a. i å bidra til å skape aktive elevråd på skulane og i å vere eit felles talerøyr for elevar og lærlingar i Sogn og Fjordane. Aktivitetsnivået i Elevorganisasjonen har over tid vore svært variabelt. I tilbakemeldinga skriv Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane at dei no er på veg opp att etter nokre vanskelege år. Etter ei samla vurdering rår fylkesdirektøren til at løyvinga til tilskot til elevorganisasjonar vert vidareført. Analyse av elev- og lærlingundersøking I HO-sak 18/14 heiter det: «Årleg budsjettløyving: 0,2-0,3 mill. kr. Årleg budsjettløyving etter iverksetjing av skulebruksplanen: 0,2-0,3 mill. kr Mogleg innsparing på kort sikt: 0,2-0,3 mill. kr Mogleg innsparing på lang sikt: 0,2-0,3 mill. kr Løyvinga skal nyttast til analyse av elev- og lærlingundersøkingar og medarbeidar- og brukarundersøkingar, som del av fylkeskommunen sitt kvalitetssystem. Dersom løyvinga vert teke bort vil det i mindre grad vere rom for slikt analysearbeid.»

71 Side 11 av 14 Med bakgrunn i dei økonomiske utfordringane for fylkeskommunen rår fylkesdirektøren til at løyvinga til analyse av elev- og lærlingundersøking vert teken bort som eit varig innsparingstiltak frå Skule- og tilbodsstruktur, Hordalandsavtalen I HO-sak 18/14 heiter det m.a. under punktet skule- og tilbodsstruktur: «Mogleg innsparing på kort sikt: 3,6 mill. kr (i tillegg kjem innsparing på 3,5 mill. kr på samferdsle sitt budsjett) Mogleg innsparing på lang sikt: krev nærare utgreiing Etter fylkesdirektøren si vurdering kan Hordalandsavtalen avviklast med verknad frå skuleåret Skulebruksplanen viser at avvikling av Hordalandsavtalen vil gje ei innsparing på kjøp av plassar i Hordaland fylkeskommune på om lag 3,5 mill. kr. I tillegg kjem innsparingspotensialet som følgje av redusert skyss med om lag 3,6 mill. kr (dette vert ei innsparing på samferdsle sitt budsjett). Denne innsparinga føreset at fylkeskommunen ikkje bestemmer seg for andre større endringar i skyssen. Samla innsparingspotensiale vert om lag 7,1 mill. kr. Konsekvensar av å avvikle avtalen vil vere at elevane frå Solund, Gulen og Aurland (Gudvangen) vil få tilbod ved eigne fylkeskommunale skular og at elevane må bu på hybel.» Med bakgrunn i dei økonomiske utfordringane for fylkeskommunen rår fylkesdirektøren til at Hordalandsavtalen vert avvikla med verknad frå skuleåret Digital satsing kompetanseutvikling I HO-sak 18/14 heiter det: «Årleg budsjettløyving: 1,0 mill. kr. Årleg budsjettløyving etter iverksetjing av skulebruksplanen: 1,0 mill. kr Mogleg innsparing på kort sikt: 1,0 mill. kr Mogleg innsparing på lang sikt (ut over skulebruksplanen): 1,0 mill. kr Dersom løyvinga fell bort kan dette resultere i lågare kvalitet på opplæringa og at det blir vanskelegare å nå krava i læreplanen om digital kompetanse (ein grunnleggande dugleik).» For å sikre naudsynt digital kompetanse for pedagogisk personale har det dei siste åra vore øyremerka midlar til ekstra satsing på kompetanseutvikling innan dette området. Med bakgrunn i dei økonomiske utfordringane for fylkeskommunen, kan fylkesdirektøren ikkje tilrå at løyvinga til føremålet vert vidareført. Fylkesdirektøren si vurdering er at kompetanseutvikling på det dette området må ivaretakast av dei vidaregåande skulane. Med bakgrunn i dei økonomiske utfordringane for fylkeskommunen rår fylkesdirektøren til at løyvinga til digital satsing kompetanseutvikling vert teken bort som eit varig innsparingstiltak frå Fagnettverk I HO-sak 18/14 heiter det: «Årleg budsjettløyving: 0,4 mill. kr. Årleg budsjettløyving etter iverksetjing av skulebruksplanen: 0,4 mill. kr Mogleg innsparing på kort sikt: 0,4 mill. kr Mogleg innsparing på lang sikt: 0,4 mill. kr Det er oppretta fagnettverk både for fellesfag, programfag i studieførebuande utdanningsprogram og dei yrkesfaglege programområda.

72 Side 12 av 14 Føremålet med fagnettverka er m.a. kompetanseheving og eins praksis på ulike område. For dei yrkesfaglege nettverka er tettare samarbeid mellom dei vidaregåande skulane, opplæringskontora og arbeidslivet sentralt. Ansvaret for nettverka er fordelt på dei vidaregåande skulane og opplæringskontora, og ingen får kompensasjon for å delta i nettverksarbeidet. Midlane vert nytta til ei årleg samling for kvart nettverk, der ein gjerne hentar inn ekstern fagleg kompetanse. Nettverksarbeidet er viktig for kvaliteten på opplæringa, men nivået på løyvinga kan truleg reduserast.» Med bakgrunn i dei økonomiske utfordringane for fylkeskommunen rår fylkesdirektøren til at løyvinga til fagnettverk årleg vert redusert med 0,2 mill. kr som eit varig innsparingstiltak frå Gratis læremiddel/pc-ordninga I HO-sak 18/14 heiter det m.a.: «Årleg budsjettløyving: 11,8 mill. kr. Årleg budsjettløyving etter iverksetjing av skulebruksplanen: 11,8 mill. kr Mogleg innsparing på kort sikt: ingen Mogleg innsparing på lang sikt: krev nærare utgreiing Etter opplæringslova 3-1 har fylkeskommunen har ansvar for å halde elevane med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr. Som følgje av dette får dei vidaregåande skulane årleg tildelt midlar til gratis læremiddel ut frå fylkeskommunalt fastsette satsar per elev for å ivareta etablert utlånsordning. Fylkeskommunen nyttar årleg i underkant av 7 mill. kr til føremålet. Løyvingsnivået må tilpassast reduksjonen i elevtal i åra framover. Det kan vurderast om den økonomiske ramma kan reduserast ytterlegare for å oppnå økonomisk innsparing. Konsekvensen av slik reduksjon vil vere at skulane har mindre rom for å fornye trykte læremiddel.» I punkt B.1.2 denne saka tilrår fylkesdirektøren å omdisponere midlar frå gratis læremiddel til delfinansiering av nytt skuleadministrativt system (SAS). Bruken av løyvinga til gratis læremiddel kan styrast ved å regulere satsane for tildeling til skulane. Det er fylkesdirektøren si vurdering at det er forsvarleg å redusere løyvinga til gratis læremiddel, ut over reduksjonen knytt til delfinansiering av nytt SAS, for å løyse salderingsutfordringa i 2015 og For å saldere innsparingsutfordringa i 2015 og 2016 rår fylkesdirektøren til at løyvinga til gratis læremiddel/pc-ordninga vert redusert med 0,4 mill. kr i 2015, 0,9 mill. kr i 2016 og 0,4 mill. frå Det siste vil vere eit varig innsparingstiltak. Tilråding Hovudutvalet for opplæring sluttar seg til fylkesdirektøren si tilråding til korleis sektoren best kan tilpasse seg rammeutfordringane i 2015 og LANGSIKTIGE DRIFTSRAMMER ( ) Fylkesdirektøren kjem til HO-møtet i oktober med framlegg til kva område som skal nærare utgreiast for på lang sikt å oppnå innsparingar i storleiksorden 88 mill. kr årleg, jf. utgreiingsramme vedteken av finansutvalet på møtet 18. juni.

73 Side 13 av ANDRE SEKTORSPESIFIKKE OPPFØLGINGSPUNKT 3.1 Konsekvensar av eventuelle endringar i planlagde bygginvesteringar for opplæringssektoren I arbeidsdokument 3/14 gjorde finansutvalet følgjande vedtak: «Fylkesrådmannen får i oppdrag å lage ei sak til fylkestinget i oktober med sikte på å få avklart om det er aktuelt å gjennomføre tilpassingane skissert i dette punktet. Saka må vise: Konsekvensane av å stoppe planlagde bygginvesteringar skissert i punkt 8. d, f og g i fylkestinget sitt skulebruksplanvedtak. Korleis ein midlertidig kan tilpasse seg ei slik utsetjing - i påvente av eventuelt nytt skulestrukturvedtak. Kva konsekvensar det vil ha for byggesteg II ved Sogndal vgs. å utsetje realisering av bygningsdelen knytt til restaurant og matfag.» Saka vert lagt fram for hovudutval for opplæring på møtet i september, med slutthandsaming i fylkesutvalet og fylkestinget i september/oktober. 3.2 Oppfølging av vedtak i fylkestinget FT-sak 12/14 Tilbod om IB som eit samarbeid mellom SFFK og UWC Inngår som ein del av budsjettsaka til HO i oktober FT-sak 13/14: Fagskulen i Sogn og Fjordane avklaring av ansvar og mynde, økonomiske rammer og bygningsmessige tilhøve Inngår som ein del av budsjettsaka til HO i oktober FT-sak 14/14: Investeringar og drift ved Sogn jord- og hagebruksskule Eiga sak til FT i desember. 3.3 Oppfølging av vedtak i HO-sak 18/14: I saka gjorde HO m.a. følgjande vedtak: «Hovudutvalet ber om å få utgreia potensialet for innsparing i energikostnader i bygningsmassen for vidaregåande skule, ut frå ein "best praksis"-strategi der ein nyttar røynsler og kompetanse frå dei skulane som har lågast energibruk pr. m2.» Notat om problemstillinga, datert , frå bygge- og eigedomssjefen følgjer som vedlegg 3. Notatet viser at det over mange år har vore, og framleis vert, arbeidd kontinuerleg og medvite for å nå målet i vedteken klima og miljøplan om redusert energibruk i dei fylkeskommunale bygga. 3.4 Vaksenopplæring I HO-sak 18/14 heiter det m.a.: «Årleg budsjettløyving: 3,5 mill. kr. Mogleg innsparing på kort sikt: ingen Mogleg innsparing på lang sikt: ingen Nivået på løyvinga til vaksenopplæring er etter fylkesdirektøren si vurdering for lågt. Etter omdisponering i sektoren vart løyvinga for 2014 auka frå 3,5 til 4,5 mill. kr. For å få eit akseptabelt omfang av vaksenopplæringstilbodet, meiner fylkesdirektøren at løyvingsnivået i 2014 burde vore vidareført. Fylkesdirektøren har så langt ikkje funne rom for å finansiere ei varig styrking av tenesta. Ein ser særleg ei utfordring når det gjeld framandspråklege søkjarar med vaksenrett. Dei treng meir omfattande opplæringstilbod m.a. på grunn av for dårlege norskkunnskapar.»

74 Side 14 av 14 Fylkesdirektøren har røynsle med at fleire vaksne med rett treng meir opplæring fram til ønska sluttkompetanse, då dei har mindre yrkespraksis enn tidlegare. Dette fører til at ein må gje meir omfattande opplæring både på Vg1, Vg2 og Vg3-nivå i yrkesfaglege utdanningsprogram. Plikta som fylkeskommunen har til å gje den vaksne opplæring heilt gjennom Vg3 i yrkesfaga, er òg blitt innskjerpa gjennom dei nye nasjonale retningslinene for realkompetansevurdering. Fylkesdirektøren vil i samband med budsjettsaka til HO i oktober vurdere korleis budsjettet for vaksenopplæring kan styrkast frå Fylkesdirektøren vil sjå dette i samanheng med tilpassinga til dei langsiktige driftsrammene for sektoren.... Sett inn saksutredningen over denne linja

75 Side 1 av 28 Saksframlegg Saksbehandlar: Kristin Arnestad, Næringsavdelinga og Anne-Kjersti Stavø Stenehjem, Plan og samfunnsavdelinga Sak nr.: 14/ Budsjett 2015 / Økonomiplan 2016 tilpassing til rammene - plan og næring Fylkesdirektøren for næring og fylkesdirektøren for plan og samfunn rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1. Hovudutval for plan og næring gjer førebelse prioriteringar på plan og næring sitt budsjett i tråd med saksutgreiinga. 2. Hovudutvalet prioriterer følgjande disponering på tenestenivå for åra 2015 og 2016: PROGRAMOMRÅDE 400 Tenesteområde B-2014 B-2015 B Hovudutvalet - til 1,025 0,825 0,825 disposisjon Sum 1,025 0,825 0,825 Ligg på forvaltning. PROGRAMOMRÅDE 700 TILRETTELEGGING OG STØTTEFUNKSJONAR FOR NÆRINGSLIVET Tenesteområde B-2014 B-2015 B Nyskaping 24,537 23,780 20, Kunnskap 5,825 5,825 5, Bedriftsretta satsingar 32,700 26,337 31, Kommunikasjonsteknologi 1,511 1,000 1, Bransjeretta satsingar 14,520 11,670 8, Andre næringsområde 5,127 3,377 3,377 Sum 84,220 71,989 70,467 Budsjett 2014 er inkludert bruk av fond PROGRAMOMRÅDE 480 DIVERSE FELLESUTGIFTER (FOLKEHELSE) Tenesteområde B-2014 B-2015 B Folkehelsearbeid 4,750 4,750 4,525 Sum 4,750 4,750 4,525 Ligg på forvaltning.

76 Side 2 av 28 PROGRAMOMRÅDE 715 LOKAL OG REGIONAL UTVIKLING Tenesteområde B-2014 B-2015 B Regionalt plan og 2,000 1,900 1,900 utviklingsarbeid 7152 Lokalt plan og 6,728 4,318 3,820 utviklingsarbeid 7153 Fellesfunksjonar og 0,338 0,438 0,438 støttefunksjonar 7157 Internasjonalt arbeid 0,660 0,660 0,660 Sum 9,726 7,316 6,818 PROGRAMOMRÅDE 716 FRILUFTSLIV, VASSREGIONSTYRESMAK OG FORVALTNING AV VILT OG INNLANDSFISK Tenesteområde B-2014 B-2015 B Klima og miljø 2,000 1,900 1, Friluftsliv, natur og 1,100 1,100 1,100 vassforvaltning Sum 3,100 3,000 3, Fylkeskommunen er ikkje rettsleg bundne til avtalen med Nordic Mining og kommunane Naustdal og Askvoll om inkubatoraktivitet knytt til rutilutvinning i Engebøfjelllet. Det er difor ikkje trong for å reforhandle avtalen. Det er ikkje rom innanfor gjeldande rammer til å oppfylle målsetjinga om å delta med midlar til inkubatoraktivitet. 4. Hovudutval for plan og næring rår til at Nordfjord Hamn IKS får avslag på søknad om tilskot til utbygging av terminal retta mot sjøbasert næring utanom fiskeri i Barstadvika. 5. Film er ikkje innanfor prioriterte næringssatsingar og hovudutvalet rår til at det ikkje vert inngått ny avtale med Western Norway Film Commission og Filmfondet Fuzz AS. 6. Hovudutvalet har ikkje funne rom for tilskot til prosjektet Liv i Sogn, frå kommunane Balestrand, Høyanger og Vik innafor gjeldande økonomiske ramme. Hovudutvalet tek prosjektet med som eit marginaltiltak i den vidare budsjettprosessen. 7. Hovudutvalet har ikkje funne rom for å gje tilskot til prosjektet Naustdal fortel innafor dagens økonomiske ramme. Hovudutvalet tek prosjektet med som eit marginaltiltak i den vidare budsjettprosessen. 8. Hovudutvalet prioriterer disponering av midlar avsett på tenesteområde 7152 tettstadforming for 2015 og 2016, med totalt kr. 3,0 mill. kr., for å fullføre delfinansieringa av Fjordstien i Sogndal. 9. Område som skal utgreiast opp mot innsparingskravet for åra vert å kome attende til i eiga sak. Vedlegg: 1. Søknad frå Nordfjord Hamn IKS om tilskot til større infrastrukturtiltak, datert Søknad fri Fiskerimuseet i Måløy om tilskot til Fiskerihistorisk kunnskapssenter, datert Filmsatsing i Sogn og Fjordane, innspel frå Western Norway Film Commission, Fuzz og Vestnorsk filmsenter 4. Notat med vurdering av søknader og større innspel/saker innan programområde 400

77 Side 3 av 28 Andre dokument som ikkje ligg ved: Budsjettsak mai, HPN 45/14, Prioritering Budsjett 2015 / Økonomiplan plan og næring Arbeidsdokument for budsjettprosessen Brev til KRD med tilbakemelding om ekstraordinære omstillingsutfordringar, datert SAKSFRAMSTILLING 1. Samandrag Hovudutvalet skal i denne saka handsame samla prioritering og tilpassing til rammene på eigen sektor. For 2015 og 2016 legg vi fram ei skisse til detaljbudsjett. Når det gjeld innsparingskravet for dreiar arbeidet no seg om å peike ut område som skal nærare utgreiast. Dette blir vurdert i eiga sak til hovudutvalet i oktober. Økonomiplan for vert først vedteke i juni Større søknader og innspel blir omtala og vurdert i denne saka. 2. Bakgrunn og saksgang 2.1 Budsjettprosessen På vårparten fekk hovudutvala i oppgåve å gjere ei prioritering mellom aktivitetane innan eigen sektor. I sak i mai vart det skissert eit framlegg til kjernenivå, det vil seie ein minimum innsats som fylkeskommunen må yte for å i det heile tatt kunne gje eit tilbod, og ei prioritert rekkefølgje på område utover kjernenivået. Saka i mai legg premissane for det vidare arbeidet hovudutvalet skal gjere med budsjettet, men var også eit grunnlag for finansutvalet då dei skulle fastsetje sektorrammer. Hovudutval for plan og næring får budsjettet til handsaming slik: mai rekkefølgjeprioritering på sektoren HPN sak 45/ september detaljbudsjett på sektoren for 2015 og oktober - utgreiingsområde for økonomiplanarbeidet november handsame finansutvalet sitt endelege framlegg til budsjett for 2015 og Premissar frå hovudutvalet si budsjetthandsaming i mai Lovpålagde oppgåver, gjeldande planverk, regelverk, bindingar og plikter Ein sentral del av saka i mai var å kartlegge rammene vi kan prioritere innanfor. Vi gjekk gjennom lovpålagde oppgåver, gjeldande planverk og såg på dei retningslinene som gjeld for midlane vi forvaltar. Vi går ikkje gjennom dette i detalj, og viser til sak i mai og drøftar når det er aktuelt vidare i denne saka. Summer opp kan vi seie dette: Lovpålagde oppgåver: Fylkeskommunen har ansvar for mange oppgåver både generelt innan regionalt utviklingsarbeid, og for spesifikke fagområde. Det ligg store forventningar til fylkeskommunen sitt arbeid innan næring, plan og samfunnsutvikling, men fylkeskommunen har stor fridom til å prioriter eigen innsats. Den næringsretta delen har berre lovkrav knytt til konsesjon- og lokalitetstildelingar innan akvakultur som påverkar disponering av arbeidsressursar og ikkje utviklingsmidlar. Plan og samfunnsavdelinga har sterkare lovkrava knytt til tenestene, og har omtala regelverket i sak i mai og drøfta innanfor dei aktuelle tenesteområda. Gjeldande planverk: Fylkeskommunen har ei rekkje regionale planar som legg føringar for sektoren plan og næring. Planane er grunnlag for administrativ arbeidsinnsats og politisk arbeid, men også for innretting av dei økonomiske verkemidlane. Prioriterte

78 Side 4 av 28 satsingar i plandokumenta må prioriterast i budsjettsamanheng. Reduserte rammer i fylkeskommunen bør føre til tydelegare prioriteringar (reduserte ambisjonar om naudsynt) i planverket. Regelverk for bruk av midlane: Regelverket for Kap. 551 legg føringar for korleis vi nyttar midlane, og for arbeidsinnsats knytt til oppfølging og rapportering. Midlane frå Kap. 551 utgjer i dag størstedelen av plan og næring sitt budsjett, og særleg den næringsretta delen har nytta ein stor del midlar frå Kap Når det gjeld bindingar og plikter tek vi dette opp i kap. 4 i denne saka Premissar for framlegg til prioriteringar Utviklingsarbeidet er dynamisk. Målsetjingane må vere langsiktige, men konkret innsats kan endre seg. Noko som også kompliserer drøftingane innan denne sektoren er at verkemidla ikkje kun er økonomiske, det er også trong for å tilstrekkeleg arbeidskapasitet. Både for å følgje opp lovpålagde oppgåver, i rolla som tilretteleggar, og som rådgjevarar og bestillar av tenester. Oppsummert var dette utgangspunktet for prioritering av kjernenivå, og rekkefølgje utover det: - Plikter (lov og plikter ovanfor andre partar) o Lovpålagde oppgåver o Kontrakt med andre partar i form av tilsegnsbrev og avtalar - Føringar frå regjeringa på verkemiddelbruken - Regionale planar - Samfunnseffektar - Langsiktige verknader vs. prosjektarbeid Vi viser til tilråding i mai-sak knytt til kjernenivå, og prioritert rekkefølgje utover kjernenivået. Dette dannar grunnlag for dei drøftingane vi gjer i denne saka. I tillegg er det gjort vurdering av kutt der det er mogleg på kort sikt. 2.3 Tema for denne saka Innhaldet i saka ser slik ut: 1. Samandrag 2. Bakgrunn og saksgang 3. Rammer frå finansutvalet 4. Felles omtale frå fylkesmannen av budsjettprosessen 5. Kontraktar og avtaler med eksterne partar 6. Søknader og innspel 7. Prioriteringar innan sektoren plan og næring 2015 og 2016 (detaljbudsjett) 8. Oppsummering/tilråding Saka er basert på felles bestilling til alle sektorane som skal svare på finansutvalet sine utfordringar til hovudutvala. Hovudutvala skal starte arbeidet med å skaffe oversikt over kontraktar og avtalar (kap. 5), legge fram detaljbudsjett for 2015 og saldert sektorbudsjett for 2016 (kap. 7). Fylkesdirektør for næring har også fått i oppgåve å starte arbeidet med å re-forhandle inngått avtale med Nordic Mining og kommunane Naustdal og Askvoll om inkubatoraktivitet (kap. 5). Finansutvalet har også bedt hovudutvala kome med framlegg til område som skal nærare utgreiast for å oppnå reduksjonane fylkeskommunen står ovanfor i Denne problemstillinga vert tatt opp i eiga sak til hovudutvalet i oktober. 3. Felles innleiing frå fylkesrådmannen Fylkeskommunen står no overfor den mest krevjande budsjett- og økonomiplanprosessen nokon sinne. Nytt inntektssystem (IS) gjev ein vesentleg rammereduksjon for Sogn og Fjordane. Justert

79 Side 5 av 28 for pårekna tapskompensasjon første året og alt forventa inntektsreduksjon, aukar salderingsutfordringa vår som følgje av det nye systemet slik: Netto auka salderingsutfordring som følgje av nytt IS -8,7-60,7-112,7-164,7-223,7 Ei slik endring i eksterne rammeføresetnader vil stille store krav til omstilling, og gjennom det store krav til organisasjonen vår. I arbeidsdokument 3/14 til finansutvalet la fylkesrådmannen fram følgjande køyrereglar han meiner må vere sentrale gjennom heile denne prosessen: 1. Vi må setje innbyggjarane sitt beste i fokus 2. Vi må vise respekt for alle tilsette 3. Vi må følgje gjeldande lover og forskrifter 4. Oppgåver kan vere lovpålagte, ikkje løysingsmåten 5. Alle reduksjonsforslag må vere tilstrekkeleg utgreidde 6. Vi må planlegge og budsjettere realistisk 7. Vi må vurdere oppgåver og tenester, vekk med ostehøvelen 8. Vi må framleis ha nokre vekstelement i budsjetta 9. Vi må sikre rett og nok kompetanse i føreståande arbeid 10. Vi må framleis arbeide for å betre rammevilkåra våre Køyrereglane vart positivt mottekne i finansutvalet, og fylkesrådmannen tillet seg difor å gjenta dei innleiingsvis i hovudutvalssakene. Justert budsjett- og økonomiplanprosess Den store reduksjonen i framtidige inntekter vil føre til at heile den fylkeskommunale verksemda må vurderast. Dette arbeidet er omfattande og vil ta tid. Finansutvalet vedtok som følgje av dette å dele den vidare budsjettprosessen opp slik: Prosess Budsjett 2015 Rammer for 2015 i finansutvalet Detaljbudsjet t 2015 i hovud-utvala sept. 14 Slutthandsamin g i Fylkestinget des. 14 Budsjett 2016 Rammer for 2016 i finansutvalet Skisse til naudsynte tiltak i hovudutvala sept. 14 Vedtak i Fylkestinget des.14 Ev. utgreiingar og implement. i 2015 Økonomipla n Prosessvedta k i finansutvalet Hovudutvala vert utfordra oktober og november 14 Saldering av økonomiplan teknisk i FT des. 14 Økonomiplan -arbeid våren 2015 Vedtak i fylkestinget juni 2015 Som ein konsekvens av denne oppdelinga har hovudutvala fått to oppdrag i no i haust; i september (gjennom denne saka) skal hovudutvala vise korleis sektoren på best mogleg måte kan tilpasse seg følgjande rammeutfordringar på kort sikt: Forvaltning Opplæring -3-5

80 Side 6 av 28 Tannhelse -3-3 Plan og næring* -3-5 Kultur -3-5 Samferdsle Sum utgreiingsrammer Med bakgrunn i hovudutvala sine framlegg i denne saka skal finansutvalet 24. september drøfte den kortsiktige tilpassinga til skisserte rammeutfordringar ( ). I slutten av oktober skal hovudutvala kome med framlegg til kva område som skal nærare utgreiast for å oppnå innsparingar på lang sikt. Finansutvalet har fastsett følgjande utgreiingsrammer for sektorane: Forvaltning 30 Opplæring 88 Tannhelse 11 Plan og næring* 11 Kultur 17 Samferdsle 130 Sum utgreiingsrammer 287 Hovudutvala sine framlegg til utgreiingsområde vert drøfta i finansutvalet 5. november, og skal vedtakast som ein del av budsjettet i desember Sjølve utgreiingane vil bli gjorde våren 2015, med sikte på å gjere retningsgjevande innsparingsvedtak i økonomiplanen i juni * Merknad frå fylkesdirektør for næring og fylkesdirektør for plan og samfunn: Tala rådmannen viser i dette kapittelet er basert på innsparingskrav frå arbeidsdokument 3, der det vart lagt opp til innsparingar frå alle sektorar. Sektoren plan og næring har i tillegg eit ufordelt innsparingskrav frå arbeidsdokument 2, der innsparinga for 2014 vart dekka av fondsbruk. Dette kjem nærare fram i kapittel Rammer frå finansutvalet og innfallsvinkel på innsparingskravet Følgjande rammer er utgangspunkt for arbeidet med budsjett 2015 og 2016: Økonomiplanen Programområde B-2014 B-2015 B Tilrettelegging og støttefunksjonar for næringslivet 84,220 76,639 76, Lokal og regional utvikling 9,726 8,766 8,543 Innsparingskrav tatt på småkommuneprogrammet (FU 14/14) på 2,4 mill. kr. er inkludert i summen i heile perioden 716 Friluftsliv, vassregionstyresmakt og forvaltning av vilt og innlandsfisk 3,100 3,100 3, Diverse fellesutgifter (folkehelse) 4,750 4,750 4,750

81 Side 7 av 28 Ufordelt innsparingskrav frå arbeidsdokument 2 (I 2014 bruk av fond) -3,200-3,200 Nytt ufordelt innsparingskrav frå arbeidsdokument 3-3,000-5,000 Sum 101,796 87,055 84,810 Kommunal- og moderniseringsdepartementet har varsla om at fylkeskommunen vil få auka si ramme for omstillingsmidlar med 5 mill. kr. i Statsbudsjettet for Midlane vert løyvde til fylkeskommunen men er øyremerka Lærdal kommune. Desse midlane er difor ikkje med i oversikta over. Folkehelse ligg i dag ikkje under sektordelen plan og næring, men finansutvalet har bedt om at folkehelse blir vurdert som ein del av plan og næring sitt budsjett i denne saka. Innsparingskravet i 2014 vart løyst gjennom reduksjon på programområde 715, bruk av fond og kortsiktig løysing knytt til eit prosjekt. I 2015 ligg det eit ufordelt innsparingskrav på 6,2 mill. kr. og i 2016 er innsparingskravet 8,2 mill. kr. I denne saka må hovudutvalet ta stilling til korleis det skal dekkast inn. Fylkesdirektørane har i si tilråding tatt utgangspunkt i ei prosentvis fordeling av reduksjonane i tråd med del av totalbudsjettet. Det vil seie at det det lagt opp til å ta 75 % av reduksjonen (4,650 mill. kr. i 2015 og 6,150 mill. kr. i 2016) på programområde 700 som dekker næringsutvikling, og 25 % (1,550 mill. kr. i 2015 og 2,050 mill. kr. i 2016) fordelt på programområda 715, 716 og 480 som dekker områda innan plan og samfunnsutvikling. I denne saka føreset vi eit nivå frå midlar frå Statsbudsjettet kap. 551, post 60 og 61 om lag som i dag. 5. Kontraktar/avtalar med eksterne partar Alle sektorar skal no starte arbeidet med å skaffe oversikt over kontraktar/avtalar som er inngått med eksterne partar, og mellom anna sjå på om avtalen kan seiast opp. Når det gjeld sektoren plan og næring har vi ikkje kontraktar og avtalar av ein slik størrelse som einskilde andre sektorar, og bindingane har minka mykje dei siste åra. Det er likevel viktig å gå gjennom bindingane. Den einaste saka som er av ein størrelse som kan skape store utfordringar på kort sikt er inngått avtale med Nordic Mining og kommunane om inkubatoraktivitet knytt til rutilutvinning i Engebøfjellet. Her er det ikkje formelt vedtak, sjå eigen gjennomgang under tabellen. No ligg det føre følgjande følgjande bindingar, der det er tilsegnsbrev og avtalar med ein annan part. Vi viser også bindingar i 2014 slik at endringane og nedgangen i forpliktingar kjem fram: BINDINGAR TILTAK (Alle tal i 1000 kr) MERKNADER Utviklingsavtale FoU FT sak 34/10 Fjord Norge B2011/Øk plan Løpande oppseieleg avtale Reiselivstilbod på 400 B2011/Øk plan Sognefjorden. Filmsatsing Sogn og Fjordane 500 FT sak 6/12 IT-forum 500 B2011/Øk plan Avtale mellom UE og SFFK 900 B2012/Øk plan /FT sak Solund til B2012/Øk plan Preform 330 B2012/Øk plan Bratt Moro 800 B2013/Øk.plan Kalvøya B2013/Øk.plan.

82 Side 8 av 28 Nye Bremanger 250 B2013/Øk.plan. Næringshageprogrammet FT sak 4/13. NCE tourisme Fjord FT sak 16/13. Norway Avtalar med FT sak 52/13. destinasjonsselskapa Kommuneavtalar folkehelse FT sak 07/04 Avtalar regionråda B2013/Øk.plan Avtalar frivillige B2013/Øk.plan organisasjonar Sum Tilskot til Tekno Vest låg inne i budsjett 2014 og i prioriteringssaka i mai i år. Denne bindinga er no ute sidan prosjektet ikkje er starta opp. VRI-satsinga er heller ikkje omtala her. Generell vurdering av bindingane Det typiske for denne sektoren er at forpliktingane er i form at tilskot og ikkje tenestekjøp eller investeringar. Fylkestingsvedtak om fleirårige løyvingar er følgt opp av tilskotsbrev eller avtale. Det er ikkje teke atterhald om årlege budsjettvedtak. Vi har fått ein generell uttale frå jurist om slike forpliktingar. Eit tilsegn er eit løfte om at tilskot vil bli utbetalt og er såleis bindande. Bindinga kan verte avgrensa om det er tatt atterhald om årlege budsjettvedtak, dersom tilsegnsmottakar ikkje har følgt vilkåra, eller det er spesielle formuleringar i avtale/tilsegnsbrev som opnar for tolkingar. Tilsegn kan og vere ugyldig dersom hovudutvalet ikkje hadde mynde på området. Læra om bristande føresetnader inneber at løfte og inngåtte avtalar må reknast for å vere ugyldige dersom det seinare oppstår forhold som må sjåast på som ei irregulær utvikling i avtaleforholdet. Eigen pengemangel vil normalt ikkje kunne vere ein relevant bristande føresetnad. Fylkesdirektørane meiner det ikkje er teke atterhald, eller er brot på vilkåra i tilsegna lista opp ovanfor, og det er difor ikkje mogleg å trekke seg frå forpliktingane. Ei anna sak er at det heller ikkje er ynskjeleg sidan dagens forpliktingar er relativt avgrensa økonomisk og gjeld ein kort periode. Fylkesdirektørane legg vekt på at satsingane skal vere langsiktige, men rår til at vi framover må vere forsiktige med å binde opp midlar for langt fram i tid. Dette kan mellom anna løysast gjennom kortare avtalar, atterhald om årlege finansieringsvedtak eller ved å fullfinansiere prosjekt på vedtakstidspunktet. Rutil i Engebøfjellet Fylkesdirektøren for næring signerte i 2011 ein intensjonsavtale med Askvoll kommune, Naustdal kommune og Nordic Mining om utvikling av næringsliv og kulturliv i Naustdal og Askvoll kommunar. Dette var i tråd med vedtak i HPN sak 35/11. Dersom arbeidet med gruvedrift startar opp, skal denne avtalen konkretiserast og leggast fram for hovudutvalet for plan og næring til godkjenning. Intensjonen er då at fylkeskommunen skal gå inn med inntil 15 mill. kr over ein treårsperiode til denne satsinga. Fylkesdirektøren for Næring har fått i oppgåve å starte arbeidet med å re-forhandle inngått intensjonsavtale. Målsettinga var få til ei tidsavgrensing på vår forplikting, eventuelt få redusert beløpet/gå heilt ut av avtalen. Administrasjonen meiner at vi ikkje er rettsleg bundne til å bidra med 15 mill. kr. og at det ikkje er trong for å reforhandle avtalen slik fylkesutvalet har bedt om. Grunnen er ordlyden i avtalen. Når det gjeld fylkeskommunen sitt bidrag er det nytta formuleringar som «har som målsetjing om», medan det for Nordic Mining sin del er nytta ord som «bidreg med». Skilnaden i ordlyd må vere medviten. Fylkeskommunen har hatt som siktemål å bidra med 15 mill. kr., men har ikkje bunde seg rettsleg til dette, med mindre partane har ei felles annleis forståing av kva som er avtalt. Viss dei andre partane er usamde i vår forståing, skal tvisten i første omgang vere gjenstand for forhandlingar mellom partane, jf. avtalen.

83 Side 9 av 28 Fylkesdirektøren rår difor til at vidare prosess blir å klargjere ovanfor dei andre avtalepartane at fylkeskommunen grunna endra økonomiske føresetnader ikkje er i stand til å oppfylle målsetjinga vår om å delta med 15. mill. Datalagring Det ligg inne ei formulering i plan og næring sitt gjeldande budsjett om at fylkeskommunen ynskjer å stø initiativ knytt til datalagring. Fylkesdirektør for næring meiner hovudutvalet må revurdere denne formuleringa gitt dei rammene som er kjende på noverande tidspunkt. Formuleringa bør ikkje vidareførast frå Søknader/innspel 6.1 Programområde Tilrettelegging og støttefunksjonar for næringslivet Søknad frå Nordfjord Hamn IKS om tilskot til større infrastrukturtiltak Nordfjord Hamn IKS søkjer om 12,5 mill. kr. til utbygging av terminal retta mot all sjøbasert aktivitet utanom fiskeri. Lokaliteten ligg i Barstadvika i Vågsøy kommune. Fylkesdirektør for næring ser ikkje at det er mogleg å prioritere større søknader no, og tilrår avslag. Sjå vedlegg 1 og 4. Fiskerihistorisk kunnskapssenter Fiskerimuseet i Måløy vil skape eit fiskerihistorisk kunnskapssenter, og søkjer om utviklingsstøtte på 5 mill. kr. over to år. Fylkesdirektøren for næring har vurdert søknaden. Konklusjonen er at innhaldet i dette prosjektet er utanfor næringsavdelinga sitt ansvarsområde og det dette bygget skal romme delvis er kommunale oppgåver. Sjølv om delar av prosjektet likevel skulle vere innanfor næringsavdelinga sitt område, finst det ikkje økonomiske rammer for å stø eit slikt prosjekt no. Fylkesdirektøren har på bakgrunn av dette avslått søknaden. Sjå vedlegg 2 og 4. Innspel til filmsatsinga I prioriteringssak i hovudutvalet i mai gjorde vi merksam på at satsing på film har vore på 0,5 mill. kr. sidan Avtalen med Fuzz og Vestern Norway Film Commision går ut etter Film er ikkje prioritert i verdiskapingsplanen, og fylkesdirektøren rådde til å ikkje til å vidareføre satsinga verken i kjernenivået eller i satsingar prioritert utover kjernenivået. Denne tilrådinga står seg framleis og vi rår til å ikkje starte arbeidet med ein ny avtale. Sjå vedlegg 3 og 4. Tidlegfasefinansiering Mangel på verkty for tidlegfasefinansiering har vore diskutert ved fleire høve. Fylkesdirektøren for næring ynskjer å greie ut korleis vi kan etablere eit presåkornfond i fylket. Vi ser oss likevel ikkje i stand til å prioritere økonomiske midlar til dette føremålet i budsjett Sjå vedlegg 4. Fiskerikai Herland hamn på Atløy Løkeland Eiendom AS søkte i desember 2013 om tilskot frå Marint Verdiskapingsfond til utbygging av djupvasskai på Herland Hamn på Atløy. Søknaden var på sida av det Marint Verdiskapingsfond kan støtte. Det er varsla ein oppdatert søknad i samband med fylkeskommunen sin budsjettprosess. Vi har ikkje motteke nokon søknad enno. Vi nemner denne saka, men den vert ikkje handsama noko nærare då vi ikkje har søknad og naudsynt grunnlag for vurdering.

84 Side 10 av Programområde Lokal og regional utvikling Tilflyttingsprosjekt for Vik, Høyanger og Balestrand Det er søkt om økonomisk støtte til finansiering av eit tilflyttingsprosjekt i 5 år, kr. 0,5 mill. kr. pr. år (totalt 2,5 mill. kr.). Prosjektet er ei vidareføring av eit forprosjekt dei fekk støtte til gjennom programsatsinga «Fornying og utvikling av offentleg sektor» som vart avvikla i Fylkesdirektøren for plan og samfunn har ikkje funne rom for tiltaket innafor gjeldande rammer, men gjer framlegg om at tiltaket vert med som eit marginaltiltak i den vidare budsjettprosessen. Søknad frå Naustdal kommune om økonomisk støtte til prosjekt for heilskapleg samfunnsutvikling Naustdal kommune søkjer om prosjektstøtte tilsvarande kr ,- pr. år i perioden frå fylkeskommunen (tot. 1,5 mill. kr.). Prosjektet «Naustdal fortel», er ei oppfølging av samfunnsdelen i kommuneplanen, for heilskapleg samfunnsutvikling. Prosjektet er nyskapande i å finne fram til modellar for meir langsiktig samarbeid mellom offentlege, private og sivile aktørar. Prosjektet er eit pilotsatsing som og høyrer inn i det utviklingsarbeidet som no skjer med byregionar, der ein skal sjå på samanhengen mellom utviklingsarbeidet i by og omlandskommunar Fylkesdirektøren har ikkje prioritert tiltaket innafor dagens økonomiske rammer, men rår til at det vert med som eit marginaltiltak i den vidare budsjettprosessen. Søknad frå Sogndal kommune om støtte til Fjordsti Sogndal kommune har gjennom fleire år søkt om delfinansiering for gjennomføring av ein gjennomgåande fjordsti langs heile Sogndal sentrum, på til saman 6 mill. kr. (av ei kostnadsramme på om lag 30 mill. kr). Det er gitt løyving på 2,8 mill. kr. Ramma for tildeling til tettstadforming vart 2014 var vesentleg redusert og det vart ikkje funne rom til å følgje opp fullføring av prosjektet. Fylkesdirektøren rår til at det innafor den ramma som ligg i budsjettet for 2015 og 2016, på tenesteområde 7152 vert gitt ei binding (på totalt 3 mill. kr.) for å medverke til at prosjektet vert finansiert og gjennomført. Søknad om tilskot til fleirårig prosjekt, besøksforvaltning verdsarvområde Fylkeskommunen er søkt om tilskot på 0,4 mill. kr. Halve beløpet er løyvd i Prosjektet vil gå over fleire år og det ligg inne forventning til vidare fylkeskommunal deltaking. Det er ikkje gjort framlegg om å sette av midlar i budsjetta for 2015 og Fylkesdirektøren rår til at vidare finansiering vert knytt til vurderingar saman med andre søknadar på dei aktuelle tilskotsordningane og midla HPN har til disposisjon. 7. Prioriteringar innan sektoren plan og næring 2015 og 2016

85 Side 11 av Innleiing budsjett 2015 og 2016 Det blir føreslått desse endringane frå gjeldande økonomiplan for å tilpasse seg innsparingskravet: Programområde 700 Tilrettelegging og støttefunksjonar for næringslivet Rammer øk. plan Endringar Budsjett 2015 Rammer øk. plan Endringar Budsjett ,639-4,650 71,989 76,617-6,150 70, Lokal og regional utvikling 8,766-1,450 7,316 8,543-1,725 6, Friluftsliv, vassregionstyresmakt og forvaltning av vilt og innlandsfisk 3,100-0,100 3,000 3,100-0,100 3, Diverse fellesutgifter (folkehelse) 4,750 0,000 4,750 4,750-0,225 4,525 Sum plan og næring 93,255-6,200 87,055 93,010 8,200 84,810 Samanliknar vi budsjett 2014 med framlegga for 2015 og 2016, ser vi at nedgangen er større (det var i gjeldande økonomiplan lagt opp til reduksjonar før siste innsparingskrav). Programområde 700 Tilrettelegging og støttefunksjonar of næringslivet Budsjett 2014 Framlegg 2015 Endring 84,220 71,989-12, Lokal og regional utvikling 9,726 7,316-2, Friluftsliv, vassregionstyresmakt og forvaltning av vilt og innlandsfisk 3,100 3,000-0, Diverse fellesutg. (folkehelse) 4,750 4,750 0,000 Sum plan og næring 101,796 87,055 14, Programområde 400 til disposisjon for hovudutval for plan og næring Midlane som er disponible for hovudutval for plan og næring ligg teknisk på sektoren forvaltning og programområde 400, altså ikkje innanfor sektordelen til plan og næring. Dei blir flytta til aktuelle programområde ved vedtak. Nivået på midlar disponible for hovudutvalet er kraftig redusert siste åra. Fylkesdirektørane rår til å la nivået på disponible midlar bli ståande, slik at det er noko handlingsrom for gode tiltak som kjem opp gjennom budsjettåret. Programområde B-2014 B-2015 B-2016 Hovudutvalet - til disposisjon 1,025 0,825 0,825 Sum programområde 1,025 0,825 0, Programområde 700 tilrettelegging og støttefunksjonar for næringslivet budsjett 2015 og Tilpassing til rammene programområde 700 Dei siste åra har sektoren spissa satsingsområda, gjort korrigeringar i budsjettet og lagt eit løp for langsiktige satsingar. Det har blitt gjort større kutt og omprioriteringar, innsatsen har såleis

86 Side 12 av 28 allereie nådd eit «minimumsnivå» på nokre område. Samstundes er fleire av desse områda, til dømes fornybar energi og industri, løfta fram som satsingar i verdiskapingsplanen. Verdiskapingsplanen legg premissane for arbeidet framover, både for dei økonomiske disponeringane, men og for korleis vi innrettar dei administrative ressursane. Endringar i verdiskapingsplanen må også føre til endringar i budsjett. Handlingsprogrammet til verdiskapingsplanen vert vedteke i desember 2014, så for nokre satsingar er detaljert innhald enno litt usikkert. For programområde 700 vil framtidig kompensasjonsordning for differensiert arbeidsgjevaravgift kunne påverke den samla satsinga frå Her er det framleis usikkert korleis ordninga blir, og kva overføringar som kjem gjennom Statsbudsjettet kap. 551, post 61. Den samla satsinga innan fleire tenesteområde, mellom anna bedriftsretta satsingar, reiseliv og kunnskap er avhengig av midlar frå kompensasjonsordninga. Dei totale rammene er difor usikre. Ein fjerning eller stor reduksjon i post 61 kan vere dramatisk. Nedgang i post 60 vil sjølvsagt også få konsekvensar for sektoren. Vurderingane i denne saka må gjerast på nytt ved større reduksjonar i midlar frå Statsbudsjettet. I sak i mai la vi til grunn nokre føresetnader for dei vurderingane vi gjorde for programområde 700. Desse føresetnadane gjeld også for denne saka og det vidare arbeidet: - Vi prioriterer innsats der fylkeskommunen kan vere arenabyggar. Dei næringsnøytrale satsingane nyskaping og kunnskap er sentrale her. - Verdiskapingsplanen er dynamisk. Pengebruk og arbeidsinnsats kan bli endra utover i perioden. Nokre tiltak kan bli kvittert ut, og andre område kan kome til. Dette gjer det vanskeleg å legge eit fast detaljert kjernenivå og budsjett for mange år. Måla er langsiktige, aktiviteten for å nå måla kan variere. - Det er viktig med ein god balanse mellom tilretteleggande satsingar og bedriftsretta satsingar. Utan bedriftsretta satsing på eit visst nivå, klarar vi ikkje ta ut effekten av den tilretteleggande satinga. Vi må også ta omsyn til føringar frå KMD om å prioritere bedriftsretta innsats. - Både arbeidsinnsats og ressursar må vere på plass. Vi må ha tid og kompetanse til å følgje opp satsingane, og vere gode bestillarar der andre skal gjere jobben for oss. - Andre partnarar må også bidra økonomisk inn i oppfølging av verdiskapingsplanen. Utan bidrag frå andre må grunnlaget for satsingsområda vurderast. På nokre område må vi vere budde på å kjøpe tenester frå andre - Kap. 551, post 61 er avgjerande for den samla satsinga innan næringsutvikling I tabellen under viser vi tilrådingane som er foreslått i denne saka. Vi viser også summane frå budsjett 2014 og kjernenivået som hovudutvalet vedtok i mai. Vi har valt å vise fleire satsingar under tenesteområde 7002 bransjeretta satsingar. Vi gjer merksam på at bruk av fond for å saldere budsjettet inngår i summane for PROGRAMOMRÅDE 700 TILRETTELEGGING OG STØTTEFUNKSJONAR FOR NÆRINGSLIVET Tenesteområde B-2014 Kjernenivå 2015 frå HPN 45/14 Framlegg B Framlegg B Nyskaping 24,537 19,700 23,780 20, Kunnskap 5,825 5,225 5,825 5, Bedriftsretta satsingar 32,700 25,000 26,337 31, Kommunikasjonsteknologi 1,511 1,200 1,000 1, Bransjeretta satsingar - Reiseliv 9,500 5,500 6,550 5, Bransjeretta satsingar - Sjømatnæringar 4,120 3,870 4,120 1, Bransjeretta satsingar - Energi 0,400 0,400 0,400 0, Bransjeretta satsingar - Industri 0,300 0,300 0,300 0, Bransjeretta satsingar - Landbruk 0,200 0,200 0,300 0, Andre næringsområde 5,127 2,400 3,377 3,377

87 Side 13 av 28 Sum 84,220 63,795 71,989 70,467 Det er tilrådd at den næringsretta delen av sektoren skal redusere med 4,650 mill. kr. i 2015 og 6,150 mill. kr. i Sidan det allereie er lagt inn reduksjonar i økonomiplanen frå 2014 til 2015 før dette innsparingskravet er den reelle reduksjonen frå 2014 til 2015 større enn innsparingskravet som hovudutvalet no må innrette seg etter i denne saka. Tenesteområde Endringar - budsjettframlegg i denne saka samanlikna med budsjett 2014 Endringar - budsjettframlegg i denne saka samanlikna med økonomiplan Tenesteområde Nyskaping -0,757-3,757 0,863-2, Kunnskap 0,000 0,000 0,000 0, Bedriftsretta satsingar -6,363-3,215-6,363-3, Kommunikasjonsteknologi -0,511-0,511 0,000 0, Bransjeretta satsingar - Reiseliv -2,950-3,950 0,850-0, Bransjeretta satsingar - Sjømatnæringar 0,000-2,670 0,000 0, Bransjeretta satsingar - Energi 0,000 0,000 0,000 0, Bransjeretta satsingar - Industri 0,000 0,000 0,000 0, Bransjeretta satsingar - Landbruk 0,100 0,100 0,100 0, Andre næringsområde -1,750-1,750-0,100-0,100 Sum -12,231-15,753-4,650-6,150 Det er mindre «frie midlar» innan næringsutvikling enn det kan sjå ut til ved eit blikk på totalrammene. På programområde 700 er det 71,989 mill. kr. i Av desse er til saman 20,33 mill. kr. tilrådd sett av til kommunane gjennom kommunale næringsfond og omstilling, og det er foreslått å sette av 26,34 mill. kr. til IN. Det står att 25,32 mill. kr. til næringsretta satsing som er forvalta av fylkeskommunen. Av dette er over 10 mill. kr. sett av eller føreslått sett av til avtalar og prosjekt som t.d. Fjord Norge. Midlane som står att skal dekke tilretteleggande tiltak innan alle satsingsområde, og oppfølging av verdiskapingsplanen. Det er ikkje funne rom for omprioriteringar innanfor ramma til innspel/søknader jf. kap Tenesteområde 7005 Nyskaping Kommuneretta næringsutvikling og nye tiltak innan plantema nyskaping Verdiskapingsplanen sitt plantema nyskaping femnar om ei rekkje område der fellesnemnaren er å styrkje det offentlege si evne som tilretteleggar, arenabyggjar og den gode hjelpar slik at gode tiltak får den hjelpa som dei treng. Dette er eit plantema som femnar breitt, frå integrering av arbeidsinnvandrarar til vidareføring av arbeidet med å gjere kommunane endå betre i sitt næringsarbeid. Verdiskapingsplanen målber at det offentlege mellom anna må styrke seg innan leverandørutvikling, innkjøpsstrategi, breiband-satsing, integrering av arbeidsinnvandrarar, tilrettelegging for gjennomgangsbustadar og meir oppdaterte planverk i kommunane. Vi skal vidareutvikle næringsapparatet, slik at dei gode hjelparane kan arbeide meir oppsøkande og vere betre rusta til å hjelpe fram nye næringar. God koordinering og satsing på kompetanseheving vil vere sentralt for å få til dette. Det er i dag eit omfemnande tilbod innan kurs og samlingar gjennom prosjektet Kommunal næringsutvikling. Størstedelen av dette prosjektet vert vidareført

88 Side 14 av 28 som ei driftsoppgåve i fylkeskommunen, og deler av finansieringa til dette prosjektet ligg inne i dei midlane som vert sett av til kommuneretta næringsutvikling og nye tiltak innan plantema nyskaping. Plantema nyskaping i verdiskapingsplanen målber vidare at det må arbeidast målretta med å styrke tilgangen til risikovillig eigenkapital, der vi i større grad prøver å kople kapitaleigarar med etablerarar/mindre bedrifter. Vi skal prøve å tilpasse og selje inn virkemidla innan FoU og innovasjon til mindre bedrifter, for å få til den ønska vekst og innovasjon i desse småbedriftene. Og det skal arbeidast meir med å få til betre næringsmiljø og samarbeid innan næringslivet. Plantema nyskaping peikar vidare på ei rekkje målsetnader for arbeidet med å få fram fleire som startar si eiga verksemd, der den kulturbyggande aktiviteten startar allereie i skuleåra. Prosjekt kommunal næringsutvikling skal mellom anna spele kommunane betre innan næringsutvikling, og er no inne i si siste fase som prosjekt. Gjennom dette prosjektet har ein mellom anna tilbydt eit omfemnande tilbod innan kurs og samlingar, styrka samhandlinga m.a. gjennom kommunebesøk og etablerarkurs i heile fylket. Det er også utvikla eit program for utvikling av småbedrifter, og ein har arbeidt med å styrke informasjonsutvekslinga. Dette prosjektet skal evaluerast mot slutten av 2014, og dei aktivitetane som skal fortsetje vil i hovudsak bli drivne i regi av fylkeskommunen, i samråd med dei aktørane som vi i dag samarbeider med. Fylkesdirektøren meiner at noko av det viktigaste som fylkeskommunen kan bida med er å arbeide for å styrke næringsapparatet sin kompetanse og gjennomføringsevne, og bygge gode treffpunkt/arenaer som fremmar denne innsatsen. Kjernenivå på næringsapparat og nye satsingar sette vi i mai-saka til 2,5 mill. kr., og vil rår til å sette av dette for 2015 og Plantema nyskaping er særs omfemnande, og det kan følgjeleg vere aktuelt å prosjektfinansiere fleire av tiltaka som ligg her. Omstilling Det er no tre omstillingsområde i fylket. Hyllestad, Askvoll og Lærdal (i samarbeid med Årdal). Hyllestad har omstillingsstatus ut 2015 og Askvoll ut Lærdal har moglegheit til å ha omstillingsstatus ut Fylkesdirektøren har rådd til at minimumsnivået på omstilling må vere å halde oppe innsatsen om lag på dagens nivå for dei tre kommunane som allereie har omstillingsstatus. Dette vil vere avgjerande for å kunne ta ut resultatet av omstillingsarbeidet og tidlegare innsats. Å halde oppe dagens nivå betyr 8,3 mill. kr. i 2015 og 5,3 i Dersom vi tek utgangspunkt i dagens økonomiplan må summen på omstilling opp, for å halde innsatsen på dagens nivå. Grunnen er at det har vore nytta restmidlar tidlegare, som gav eit unaturleg lågt nivå i budsjettet for Usikre rammer gjer at det vil vere vanskeleg å ta på seg nye forpliktinga ovanfor eventuelt fleire omstillingsområde. Fylkeskommunen vil få ei rammeauke på 5 mill. kr. i Statsbudsjettet for Rammeauken er direkte knytt til omstillingsutfordringar i Lærdal, og midlane skal øyremerkast kommunen. Desse midlane er difor halde utanom dei rammene som skal diskuterast opp mot reduksjonar no. Fylkeskommunen har bedt om at det vert sett av 9,5 mill. kr. til omstillingsarbeid i Statsbudsjettet for 2015 i tillegg til summen på 5 mill. kr. øyremerka Lærdal. Kommunale næringsfond Fylkesdirektøren meiner at ei satsing på næringsutvikling bør innehalde midlar til kommunale næringsfond. Dette er også sentralt sett i samanheng med innsatsen mot næringsapparatet. I føringane frå KMD frå 2014 ligg det at fylkeskommunen, og andre som får midlar over Kap. 551 skal prioritere bedriftsretta innsats med føremål om å utvikle arbeidsplassar og bidra til verdiskaping. I evaluering av næringsfonda og i nye retningsliner må denne vridinga mot bedriftsretta satsing vise att.

89 Side 15 av kommunar får no næringsfond, og det går ei grense for kor små summar som monnar til kvar kommune. Det absolutt lågaste grensa til kommunale næringsfond sette vi i mai-sak til 8 mill. kr. No rår vi til å sette av 12,03 mill. kr. Ungt entreprenørskap Ungt Entreprenørskap gjer eit godt arbeid, og opplæringa i entreprenørskap i skulen er viktig ikkje berre med omsyn til det reint næringsmessige aspektet. Avtalen med Ungt Entreprenørskap på 0,9 mill. kr. i året går ut etter Fylkesdirektøren meiner fylkeskommunen bør inngå ein ny avtale, men med omsyn til dei usikre rammene bør avtalen vere på to år og vi bør ta atterhald om vedtak også i budsjett Ei eventuell auke i tilskot meiner vi må dekkast utanom sektoren sidan satsinga ikkje berre er næringsretta. Tilråding Nyskaping: Næringsapparat og nye satsingar: Vi set av 2,5 mill. kr. til arbeid med næringsapparatet og nye satsingar innan nyskaping. Omstilling: Det blir sett av 8,3 mill. kr. i 2015, og 5,3 i Hovudutvalet har intensjon å setje av midlar i 2017 og 2018 til å følgje opp eksisterande omstillingsområde. Øyremerka midlar til Lærdal gjennom Statsbudsjettet kjem i tillegg. Kommunale næringsfond: Det vert sett av 12,03 mill. kr. i 2015 og 12,03 mill. kr. i Ordninga må spissast meir mot direkte bedriftsretta innsats. Ungt Entreprenørskap: Det vert sett av 0,9 mill. kr. i 2015 og 2016 til ny avtale med Ungt Entreprenørskap Tenesteområde 7008 Kunnskap Vi gjer merksam på at satsing på film har vore på 0,5 mill. kr. sidan Avtalen med Fuzz og Vestern Norway Film Commision går ut etter Film er ikkje prioritert i verdiskapingsplanen, og fylkesdirektøren rår ikkje til å vidareføre satsinga verken i kjernenivået eller i satsingar prioritert utover kjernenivået, sjå også kap. 6 og vedlegg 3 og 4. Næringshagar og inkubatorar Fylkestinget sette i 2013 av 1 mill. kr. i året fram til og med 2015 til tre næringshagar. Så lenge næringshagane følgjer dei planar og vilkår som er sette er dette ei tydeleg forplikting. Og vi set av 1 mill. kr. både i 2015 og førebels også for Når det gjeld inkubatorar har dei i dei siste åra blitt finansiert av INU-FSF. Dersom det av ulike grunnar ikkje let seg gjere framover, vil det utfordre budsjettet til hovudutvalet. Nye satsingar Program Ta kunnskapen i bruk og FoU Vi gjer merksam på at FoU inngår i dette kapittelet i tråd med strukturen i verdiskapingsplanen. Kunnskap er ei svært sentral satsing om vi skal nå målet i verdiskapingsplanen om arbeidsplassvekst. Satsinga er omfattande, og det står att mykje arbeid for å konkretisere innhaldet i programmet Ta Kunnskapen i bruk som fylkeskommunen har ansvaret for. Det må påreknast å ha handlingsrom både innanfor arbeidskapasitet og finansielt. Ein sentral del av innsatsen innan kunnskap vil vere FoU-satsing. Fylkesdirektøren rår til å sette av 0,8 mill. kr. i grunnstønad til Vestlandsforsking. Den fireårige utviklingsavtalen mellom fylkeskommunen, høgskulen og Vestlandsforsking varer ut Frå 2015 står fylkeskommunen fritt til å vurdere om vi vil inngå ein ny avtale. Fylkesdirektøren rår til å vurdere ein ny avtale, men meiner avtalen må innrettast heilt konkret med tiltak retta mot satsingane i verdiskapingsplanen. Om ein skal inngå ein ny avtale må vurderast som ein del av vidare arbeid med program Ta kunnskapen i bruk og tidlegaste vedtak blir i første del av 2015.

90 Side 16 av 28 Det vart i 2013 gjort eit fylkestingsvedtak på 1,225 til Tekno Vest og VRI. Tekno Vest har ikkje starta opp, og kr opphavleg sett av til dette prosjektet er disponibelt og går inn i salderinga. I sak til hovudutvalet no i september om VRI vert det lagt opp til å fullfinansiere VRI innovasjonsforsking i 2014, og endre noko på finansieringa for VRI samhandlingsprosjektet. Tilråding Kunnskap: Næringshagar: Det blir sett av 1. mill. kr. til næringshagar for begge åra 2015 og Inkubatorar er føresett finansiert av INU-FSF. Kunnskap (inkludert FoU): Det vert sett av 0,850 mill. kr. til VRI-samhandlingsprosjektet for kvart av åra 2015 og 2016 og 0,8 mill. kr. til grunnstønad til Vestlandsforsking for kvart av åra 2015 og Det vert sett av 3,175 mill. kr. til satsing på kunnskap som skal dekke iverksetjing av verdiskapingsplanen og eventuell ny utviklingsavtale med høgskulen og Vestlandsforsking Tenesteområde 7000 Bedriftsretta satsingar Det er avgjerande med ein god balanse mellom tilretteleggande satsingar, og bedriftsretta satsingar. Vi har tatt til orde for at den bedriftsretta delen ikkje må gå veldig mykje under 40 % av samla budsjett. KMD har gitt føringar om å prioritere bedriftsretta innsats, samstundes er det på kort sikt her det ville vere mogleg å redusere noko sidan det ikkje er bindingar og det er den klart største potten på plan og næring sitt budsjett. Tilrådd sum for 2015 er på 26,34 mill. kr. Dette utgjer 36,5 % av totalen. I 2016 dett løyving til Kalvøya ut og det er lagt opp til å auke løyvinga til Innovasjon Norge noko. Tilrådinga føreset framleis løyving til IN gjennom Kap. 551, post 61. Tilråding Bedriftsretta satsingar: Det vert sett av 26,337 mill. kr. til Innovasjon Norge i 2015 og 31,485 mill. kr. i Tenesteområde 7001 Kommunikasjonsteknologi Breiband er sentral infrastruktur for å nå målsetjinga om arbeidsplassvekst og meir kunnskapsretta arbeidsplassar. Nasjonale midlar vert forvalta av Post- og teletilsynet gjennom ei ny ordning. I tråd med verdiskapingsplanen meiner fylkesdirektøren at fylkeskommunen må konsentrere innsatsen om rolla som arenabyggar, og å sikre snøgg og god gjennomføringa av prosjekta fylket får midlar til samt bidra til at fylket får god utteljing frå nasjonale midlar. IT-forum Breiband vil vere sentral nettverksarena, og det vert rådd til å sette av noko disponible midlar. Vi har finansiert stilling innan rådgjeving til kommunane, nettverksarbeid og kompetanseheving ut Stillinga er flytta til kontorbudsjettet og er ikkje omfatta av denne saka. Tilråding Kommunikasjonsteknologi: Det vert sett av 1 mill. kr. til kommunikasjonsteknologi, fordelt på 0,5 mill. kr. til IT-forum breiband og 0,5 mill. kr. disponible for tilskot og satsingar Tenesteområde 7002 Bransjeretta satsingar Reiseliv

91 Side 17 av 28 Reiseliv har i dag finansiering frå INU-FSF på 4 mill. kr. Dersom dette dett vekk vil det ha store konsekvensar for den vidare satsinga på reiseliv. Sidan dette er vanskeleg å seie no, føreset vi ei vidare satsing gjennom post 61 og tek ei ny vurdering dersom føresetnadane endrar seg. Budsjettet innan reiseliv er kraftig redusert siste åra. Den store nedgangen frå tidlegare år skuldast rammeauke til prosjekt og auka satsing som dett vekk. Fylkeskommunen har i mange år prioritert internasjonal marknadsføring gjennom Fjord Norge. Frå 2011 til og med 2014 med ein ekstra innsats gjennom prosjekt Explore Fjord Norway. Evalueringa av dette prosjektet våren 2014 er gjennomgåande positiv. Fylkesdirektøren meiner internasjonal marknadsføring framleis er sentralt. Kjernenivået er i mai-saka sett til 1,45 mill. kr. som er nivået frå Det vert lagt opp til at administrasjonen i alle fylka skal tilrå ei løyving på om lag 3 mill. kr. i 2015, og at administrasjonen får fullmakt til å følgje dette opp. Sjølv om dette er ein del over kjernenivået er det likevel ein kraftig reduksjon sett opp mot innsatsen dei siste åra. Fylkeskommunen har ein avtale med NCE tourisme som gjeld ut 2016, og avtale med destinasjonsselskapa ut 2015 på 3 mill. kr. I 2016 rår vi førebels til ein nedgang til 2 mill. kr. så får vi kome attende med drøftingar knytt til eventuell ny avtale seinare. Begge summane samsvarar med kjernenivået. Det vert lagt opp til å ta vekk disponible midlar til styringsgruppa for reiseliv. Dette føreset framleis løyving gjennom post 61, der det har vore disponible midlar. Tilråding Reiseliv: Det vert sett av 6,550 mill. kr. i 2015 og 5,550 i I denne summen inngår 3 mill. kr. til Fjord Norge i 2015 og 2016, 0,350 mill. kr. til NCE i 2015 og 2016, 0,2 mill. kr til administrasjon av styringsgruppa for reiseliv. Løyvinga til destinasjonsselskapa vert sett til 3 mill. kr. i 2015 og 2 mill. kr. i Sjømatnæringar Sjømatnæringar er prioritert satsing i verdiskapingsplanen. Mykje av arbeidet som ligg til fylkeskommunen går på arenabygging og arealplanlegging. Arbeidsinnsats vil vere sentralt, frå fleire sektorar og avdelingar. Det er også viktig å ha noko midlar til tiltak. Desse må konsentrerast om arenabygging og kompetanseheving. Det vert rådd til å sette av midlar til den igangsette satsinga på AHA (heilskapleg akvakulturforvaltning) og rekruttering og nye satsingar innan verdiskapingsplanen. I 2016 kan det hende det vil vere trong for noko meir midlar enn i 2015, dette rår vi til å kome tilbake til i neste års budsjettarbeid. Næringa må vere budd på å delta i finansieringa, dette gjeld særleg innan innovasjon og nyskaping i sjømatnæringa. Det ligg inne løyvingar til Kalvøya Fiskerihamn ut 2015 på 2,670 mill. kr. Aqua-Nor blir gjennomført i 2015, men her er finansieringa løyst gjennom midlar i Vestlandsprogrammet. Hovudutvalet må vurdere vidareføring av satsing på Nor-Fishing, vi legg førebels inn 0,350 mill. kr. i 2015 som kan dekke Nor-Fishing i I 2016 set vi også av 0,350 som kan nyttast til fullfinansiering av Nor-Fishing og til Aqua Nor Tilråding Sjømatnæringar: Det vert sett av 2,67 mill. kr. til Kalvøya Fiskerihamn i Det vert sett av 0,050 mill. kr. til miljøseminar og, kr. 0,600 mill. kr. til AHA for kvart av åra 2015 og Det vert sett av 0,450 mill. kr. til oppfølging av program innan verdiskapingsplanen, både i 2015 og Til marine messer vert det sett av 0,350 både i 2015 og 2016.

92 Side 18 av 28 Energi Både fornybar energi og olje/gass er satsingar i verdiskapingsplanen. Innan begge områda meiner fylkesdirektøren at næringa sjølve må bidra til finansiering av satsinga. Mykje av satsinga er også bedriftsretta og vert dekka gjennom Innovasjon Norge sine verkemiddel. Når det gjeld Petroleumsrådet har dei enno noko midlar ståande til utviklingstiltak. Når denne summen tek slutt kan det bli aktuelt med noko midlar til olje og gass. Den diskusjonen meiner fylkesdirektøren vi får ta att når det blir aktuelt. Tilråding Energi: Fylkesdirektøren meiner det er trong for å ha noko midlar innan tilretteleggande tiltak innan fornybar energi, og rår til å sett av kr. 0,4 mill. kr. for kvart av åra 2015 og Dette tilsvarar kjernenivå lagt i sak til hovudutvalet i mai Industri I verdiskapingsplanen vert det lagt opp til at det vert utarbeida ein industristrategi. Fylkesdirektøren trur mykje av oppfølginga kan gjerast i andre satsingsområde, til dømes gjennom satsinga på kunnskap, industriutvikling knytt til fornybar energi og gjennom Innovasjon Norge sine program og verkemiddel. Sentralt i oppfølginga vil arbeidet med politiske problemstillingar vere. Satsinga vil også krevje administrativ arbeidsinnsats, særleg i fasen med utarbeiding av strategi. Vi trur ikkje det er behov for store summar til tilretteleggande satsingar innan industri. Men det er naudsynt med noko handlingsrom. Truleg mest knytt til arenabygging, og kjøp av tenester på området. Tilråding Industri: Det vert sett av 0,3 mill. kr. til industrisatsing for kvart av åra 2015 og Dette tilsvarar kjernenivå lagt i sak til hovudutvalet i mai Landbruk Innan dette området er det lite midlar i budsjettet i dag. Det er lagt opp til at landbruk vert ei satsing i verdiskapingsplanen. Det vil vere naudsynt å ha noko midlar til å følgje opp dette området, sjølv om fylkesmannen er ein sentral aktør. Det vert rådd til å sette av 0,3 mill. kr. til landbruk, dette er ein liten auke frå 2014 grunna stor søknadsmasse. Tilråding Landbruk: Fylkesdirektøren for næring rår til å sett av kr. 0,3 mill. kr til landbruk for kvart av åra 2015 og Andre næringsområde Noko midlar må vi ha for å gjennomføre satsingane, bestille analyser, evalueringar og liknande. Nivået på denne posten er 1,4 mill. kr. i dag, og då er arbeidet med verdiskapingsplanen ikkje inkludert. Handlingsplanar og partnarskapsavtalar for verdiskapingsplanen er under arbeid, og alt innhald er ikkje konkretisert. Det er difor sett av 1,9 mill. kr. som skal nyttast til oppfølging av verdiskapingsplanen, og som skal omdisponerast til satsingsområda etter kvart som arbeidet vert konkretisert. Noko av desse midlane må også nyttast til oppfølgingsarbeid, som til dømes møtekostnader og analyser.

93 Side 19 av 28 Tilråding Andre område: Fylkesdirektøren for næring rår til å setje av 3,377 mill. kr. til tenesteområde 7009 Andre næringsområde i 2015, og førebels setje av same sum i Programområde 480 diverse fellesutgifter budsjett 2015 og Tilpassing til rammene Løyvingane til folkehelse har vore stabile over tid. I samband med start av Regional plan for folkehelse, var det semje om å søkje å halde oppe dagens aktivitet og budsjettmidlar. Prioriteringar og løyvingsnivå skulle ein så kome tilbake til gjennom handsaming av planen og tilhøyrande handlingsprogram. Gjennom ny folkehelselov (2012) vart det lovkrav om å utarbeide helseovervaking. I tillegg vart det i same periode fleire kommunar som fylte krava om å få delfinansiering av stillingar som folkehelsekoordinator. Dette har ført til at det er gjort store interne omprioriteringar for å halde seg innafor eit «stabilt» budsjett for programområdet. Dei tenesteområda vi i dag har er vist i tabell under, med konkretisering av løyvingar for kvar satsing Rammer øk. Plan Endringar Budsjett 2015 Rammer øk. plan Endringar Budsjett 2016 Partnarskapsavtalar kommunar 3, ,150 3, ,150 Nettverk partnarskapen 0, ,200 0, ,200 Helseovervaking 0,150 +0,075 0,225 0,150 0,150 0 Trygge lokalsamfunn 0,175-0,075 0,100 0,175-0,075 0,100 Universell utforming 0, ,100 0, ,100 Ernæringsarbeid 0, ,150 0, ,150 Danseverkstader i Sogn og Fjordane Folkehelseomsyn i planlegging , ,150 0, ,150 Psykisk helse 0, ,150 0,150-0,150 0 Utviklingsavtalar frivillige 0, ,425 0, ,425 Tilskot lokale prosjekt 0, ,100 0, ,100 Sum programområde 480 4, ,750 4,750-0,225 4, Tenesteområde Folkehelse Tenesteområdet er delt i to løyvingspunkt, men femner om tre hovudoppgåver: Drift av partnarskapen Helseovervaking Program/satsingar Drift av partnarskapen Partnarskapet for folkehelse er heimla i 20 i folkehelselova og femnar om: partnarskapsavtalar med kommunane, utviklingsavtalar med frivillige, kompetanseutvikling gjennom ressursgrupper, nettverk og konferansar/samlingar. Partnarskapsavtalar

94 Side 20 av 28 FT-vedtak i sak 07/04 heimlar arbeidet med partnarskap mellom fylkeskommunen og kommunane. Budsjettet er alt sprengt i høve å dekke inn kr til kvar av dei 24 kommunane med avtale. Skriftlege avtalar gjer at vi ikkje kan spare inn noko på kort sikt. Dagens løyving er lågare enn det som ligg i tal deltakande kommunar, men av di einskildkommunar ikkje alltid er operative på feltet, vurderer vi det som forsvarleg å ikkje auke opp budsjettet. Arbeidet med fornying av avtalane er stansa for å vente på ei utgreiing omkring ordninga. Utviklingsavtalar med frivillige Fylkeskommunen har teikna utviklings-/samarbeidsavtalar med frivillige lag og organisasjonar for å utvikle og forsterke organisasjonane og fylkeskommunen sitt arbeid. Det vart i HPN-sak 25/13 gjort vedtak om ein prøveperiode for utviklingsavtalar frå Ingen løyvingar vart knytt til saka. Kostnaden knytt til nye avtalar er så langt finansiert ved å omdisponere eigne midlar og lagt inn som eiga satsing. Det er teikna 3-årige utviklingsavtalar med 4 frivillige organisasjonar på til saman 0,425. Langsiktige konsekvensar av avtalar med frivillige bør vere ein del av utgreiingane inn mot langtidsbudsjettet. Drift av nettverk/kompetanseheving Fylkeskommunen driftar fleire ressursgrupper og nettverk på fagnivå. Arbeid med kompetanseheving skjer gjennom eigne konferansar og samlingar, og deltaking på nasjonale samlingar og konferansar. Helseovervaking Dette området er nytt frå 2012 då folkehelselova kom. Fylkeskommunen har etablert arbeidet utan ekstra løyvingar, men omprioritert innafor gjeldande rammer frå ulike satsingar innan folkehelse (administrative ressursar og kr til kjøp av tenester). Midlane er knytt til gjennomføring av ungdomsundersøkinga (siste år 2015). Det er ikkje nye undersøkingar knytt til utfordringar og kunnskap om dei faktorane som kan gje positiv gevinst for utvikling av god helse/trivsel, og redusere sosial ulikskap. Program/satsingar Satsingsområda er heimla i folkehelselova og i stor grad ei vidareføring av satsingane i førre fylkesplan. Regional plan for folkehelse som er under utarbeiding vil legge eit nytt grunnlag for å vurdere og prioritere satsingar. Det er ikkje sett av midlar i budsjettet til nye satsingar. Tilråding programområde 480, tenesteområde 4802 Folkehelse : Fylkesdirektøren rår til at løyvingane til folkehelse i 2015, vert halden på 4,740 mill. kr., men at det for 2016 vert gjort ein mindre reduksjon på 0,225 mill. kr., som endrar løyvinga til 4,525 mill. kr. 7.5 Programområde 715 Lokal og regional utvikling budsjett 2015 og Tilpassing til rammene Programområdet var tidlegare prega av sakshandsaming og uttalar til reguleringsplanar, dispensasjonar m.m. Arbeidet er no vridd meir mot strategisk planlegging og støtte til lokalt planarbeid med statistikk og analyser i Fylkesspegelen og konkrete analyser til einskildkommunar/regionar etter behov. Det er omprioritert ressursar mellom ulike satsingar for å få rom til eit kompetansemiljø for at fylkeskommunen kan ta rolla som ein regional aktør på statistikk og analyse. Større vekt på regional planlegging (sidan 2012) har vore den sterkaste drivkrafta for å endre arbeidsformer/oppgåver. Dei økonomiske rammene har blitt tilpassa gjennom å kutte i ulike tilskotsordningar. Dei to siste åra er det kutta over 6 mill. kr. i tilskotsordningar der kommunane var målgruppa for ordningane. Det er framleis slik at det på kort sikt er tilskotsordningane det er mogleg å gjere innsparingar på, sjølv om desse no er sterkt avgrensa.

95 Side 21 av Tenesteområde Regionalt plan og utviklingsarbeid Tenesteområdet er delt i to ulike satsingar, utan at det i budsjettet er gjort separate avgrensingar av midlane mellom dei. Alt ligg i ein «pott». Regional planlegging Regional planlegging er ei av dei 3 prioriterte hovudoppgåvene for avdelinga plan og samfunn. Regional planlegging er eit samla system for offentleg planlegging i fylket og skal ligge til grunn for den fylkeskommunale verksemda og vere retningsgjevande for kommunal planlegging og statlig verksemd i fylket. Planlegginga skal fremme bærekraftig utvikling til beste for den einskilde, samfunnet og framtidige generasjonar. Planlegging etter lova skal bidra til å samordne statlige, regionale og kommunale oppgåver og gje grunnlag for vedtak om bruk og vern av ressursar. Planlegging og vedtak skal sikre ei medverknad som er open og føreseieleg for alle som har interesser og/eller mynde. Den skal legge vekt på langsiktige løysingar, og ein skal omtale konsekvensar for miljø og samfunn. Fylkeskommunen er tillagt rolla som samordnar, koordinator og har ein planfaglig og politisk rolle bl.a. som rettleiar for kommunane, som ansvarlig for planforum (for samordning av regionale myndigheitsorgan), i høve kommunale planar. I løpet av 2014 (våren 2015) er fire av fem regionale planar gjennomført i tråd med vedtaket i regional planstrategi. Deler av planarbeidet for regional plan for folkehelse vil stå att (Handlingsprogrammet) og Regional plan for kysten (Kystplanen) vil starte opp våren Kartleggingsprosjektet for sjøområda vil og starte opp våren 2015, og vil krevje både administrative ressursar og finansiering. Samtidig må vi og starte arbeidet med Regional planstrategi Det vil vere krevjande å startar opp i 2015 og vil krevje mykje ressursar frå tenesteområdet. Regionalt utviklingarbeid Området er tett knytt til arbeidet med regional planlegging. Som del av tenesteområdet ligg utgifter til vidareutvikling av Fylkesspegelen og anna analysearbeid som grunnlag både for regionalt og lokalt plan og utviklingsarbeid. Aktivitetane er og knytt til tilskot til regionale utviklingsprosjekt og samarbeidstiltak mellom fleire kommunar. I gjeldande avtalar med regionråda er det henta midlar frå dette tenesteområde for å utvide avtalane for 2014, ut over grunnløyvinga på til kvart regionråd. Tildelingane vert gjort gjennom HPN. Tilråding Tenesteområde Regionalt plan og utviklingsarbeid: Fylkesdirektøren gjer framlegg om å sette av 1,900 mill. kr. for åra 2015 og Fylkesdirektøren ser store utfordringar i å klare å følgje opp dei forventningane som ligg til regional planlegging åra som kjem, og rår ikkje til at det vert gjort reduksjon i løyvingane. Fylkesdirektøren har gjort konkrete framlegg om endringar mellom tenesteområda, for betre å spegle den faktiske kostnadsdekkinga. Ført over kr til tenesteområde Fylkesdirektøren vil rå til at det ved seinare vedtak om utarbeiding av regionale planar, vert knytt ressursar direkte til dei einskilde planarbeida Tenesteområde Lokalt plan og utviklingsarbeid Tettstadutvikling/sentrumsutvikling Tettstadforming er ein viktig del av den regionale utviklinga i fylket. Tilskota som vert gitt er ikkje knytt til lovpålagte oppgåver, men er knytt til KMD sine forventningar til bruk av statlege utviklingsmidlar som vert gitt til fylket. Fylkesdirektøren meiner dette er eit viktig satsingsområde for å nå målet om folketalsvekst og som er felt ned i vedteken regional planstrategi. Ved reduksjon i dei regionale utviklingsmidlane frå KMD vil det vere naturleg at det og får konsekvensar for tildelinga til tettstadforming.

96 Side 22 av 28 I HPN si tildeling av tettstadmidlar i år vart det gjort ei vurdering av behov til å styrke kunnskapen om sentrumsutvikling i kommunane. Ei vesentleg redusering av ramma vil sette ytterlegare press på at det må bli gjort val om bruk av midlar til fysiske tiltak eller til utgreiingar og kunnskap. I avdelinga sitt budsjett er det få større løyvingar som gir rom for store kutt. Midlar til tettstadforming er ei av dei få områda. Fylkesdirektøren gjer framlegg om at store deler av innsparingskrava for åra 2015 og 2016, vert tekne frå desse midla. Regionvise utviklingsprogram Fylkeskommunen har avtalar med dei ulike regionråda i fylket, etter politisk ønskje om å styrke regionråda økonomisk. Gjennom arbeid med utviklingsavtalane er det etablert ein dialog med regionråda, med tanke på å erstatte dagens ordning med «tilskot til einskildaktivitetar», med meir langsiktige utviklingsavtalar basert på drøfting av strategiar og effektar av arbeidet. Midlane som er sett av til samarbeidet har vore uendra sidan etableringa og utgjer totalt kr. 2,2 mill. kr. Bygdeutvikling Fylkeskommunen har delteke i den statlege satsinga på bygdeutvikling gjenniom økonomisk støtte til programmet som har blitt leia av fylkesmannen. Programmet var forankra i tidlegare fylkesplan og har helde fram til inneverande år. Frå 2015 står fylkeskommunen fritt til å utvikle eigne strategiar for bygdeutvikling, eller nytte ressursane på andre utviklingsområder. Målet med programmet har vore å utvikle livskraftige lokalsamfunn gjennom lokalt initiativ og lokale prosessar. Sogn og Fjordane har mange små bygdesamfunn, og relativt få store tettstader og byar. Bygdeutvikling er difor ein naturleg del av lokal og regional utvikling i vårt fylke og bør vere ein del av satsinga på lokal utvikling. Det er difor ikkje sett av eigne midlar til bygdeutvikling i budsjettet for 2015 og Idèrike bygder Idérike bygder er ein fylkespris til bygdesamfunn som fremjar bu- og tiltakslystlyst på ein nyskapande måte. Fylkesdirektøren ser ingen grunn til å fremje endringar i å dele ut denne prisen som ein inspirasjon til aktive lokalsamfunn. Bulyst Fylkeskommunen har deleteke i staten si Bulyst satsing og er forplikta til å delta økonomisk i avslutning av prosjekta. Økonomisk gjeld dette Solund til 1000, som får løyving og i 2015 (overført frå tidlegare år). Ut over prosjektfinansiering, har fylkeskommunen gitt rådgjeving og fagleg støtte. Småkommuneprogrammet Dette er ei statleg satsing der det vert forventa fylkeskommunal medverknad. Kommunane Balestrand og Hornindal er med i satsinga. Det er ikkje sett av økonomiske eller administrative ressursar til å følgje opp satsinga til staten. Lokal samfunnsutvikling i kommunane Dette er ei statleg satsing som vert avvikla i år. Det er løyvd statlege midlar til fylkeskommunane for å utvikle kunnskap og kapasitet i fylkeskommunane for å være støttespelarar til kommunane i deira rolle som utviklingsaktørar. Fylkeskommunen har etablert Fylkesspegelen og eit styrka miljø på statistikk og analyse som ein viktig del av dette. Det er og gitt støtte til kommunane med prosesskompetanse. Alle tiltaka vi skal vidareføre er lagt inn i dei aktuelle tenesteområda. Søknad om konsesjon til kraftutbygging og kraftliner Handsaming av konsesjonssaker har ingen «post» i budsjettet, men det vert nytta eit årsverk til denne oppgåva. I gjennomgangen har vi prioritert å legge omtalen til tenesteområde 7152 av di det rører ved mange fagområde, og det er ein del av det totale arbeidet i samband med lokalt

97 Side 23 av 28 plan og utviklingsarbeid. Innan same programområde ligg og dei førande regionale planane (regional plan for vindkraft og regional plan for tema knytt til vasskraft). Hovuddelen av den administrative ressursen vert nytta til å handsame uttalar til NVE på konkrete konsesjonssaker. I tillegg har fylkeskommunen forvaltningsoppgåver knytt til å gje konsesjon til mindre vasskraftanlegg. Til stillinga er og lagt handsaming av søknadar om ENØK tilskot frå eige fond. Tildelingane skal avviklast når fondet er tomt. Fylkesdirektøren meiner det er grunnlag for å vurdere bruken av dei fylkeskommunale ressursane for å gje uttale til konsesjonssaker der staten ved NVE gjev løyve. Vi bør sjå både på behovet for kompetanse i organisasjonen, ressursbruken opp mot den påverknaden vi meiner å ha og i høve det tal saker som vert forventa i åra framover. Fylkesdirektøren gjer difor framlegg om at dette vert greidd ut som ein del av økonomiplanprosessen for Tilråding Tenesteområde Lokalt plan og utviklingsarbeid: Fylkesdirektøren rår til at det vert sett av 4,318 mill. kr. for 2015 og 3,820 mill. kr. i Det er då rådd til å ei redusering av ramma til tettstadforming på kr. 1,450 mill. kr. i 2015 og 1,725 mill. kr. i Endringar i løyvingane er reversible, og fylkesdirektøren vil kome tilbake til behovet for å sjå på dei meir langsiktige konsekvensane i saka om utgreiingsbehov i økonomiplanen for Tenesteområde 7153 Fellesfunksjonar og støttefunksjonar Geografisk informasjonssystem - GIS Fylkeskommunen nyttar geografisk informasjonssystem (GIS) som støtte til arbeid med statistikk og analysar, m.a. i Fylkesspegelen, og ved konkrete førespurnadar frå kommunane og andre samarbeidspartar i fylket. GIS vert nytta til å illustrere og synleggjere relasjonar, mønster og trendar i form av kart, globusar, rapportar og diagram. Kjerneverksemda er knytt til kostnadar med programvare, teknisk utstyr og kompetanseutvikling. GIS kompetansen vert og nytta i høve andre avdelingar for kompetanse og utstyr knytt til registrering og stadfesting på kart (kulturminne, busshaldeplassar m.m.). Fylkesdirektøren rår til å ikkje gjere reduksjon i løyvingane i budsjetta for 2015 og Panda/analyse Panda er eit analyse- og simuleringsverkty til bruk i regional og kommunal planlegging og fylkeskommunen vart medlem i den regionale Pandagruppa i Det vart då oppretta eiga stilling for statistikk og analyse (omprioritert frå ei planstilling). Det er ikkje sett av eigne midlar ut over personalressursar til arbeidet. Fylkeskommunen er forplikta på ein årleg kostnad på om lag kr til medlemsskap i PANDA. Fylkesdirektøren rår difor til å ikkje sette av kr i budsjettet. Auka vert teken frå Tenesteområde 7151, der kostnadane har lagt av di dette var eit tiltak i arbeidet med å styrke regional planlegging. Ungdomstiltak Fylkeskommunen vil involvere ungdom meir i det framtidige arbeidet med regional utvikling. Ungdom er ei viktig målgruppe for utviklingsarbeidet i fylket, og det er gjennomført eigne verkstadar og tatt i bruk ulike metodar for å involvere ungdom gjennom eit samarbeid med Ungdomspolitisk utval (UPU). Denne satsinga er sett i samanheng med arbeidet med regionale planar. Skal fylkeskommunen framleis sette av frie midlar til å involvere ungdom, bør vi drøfte om midlane bør bli knytt til kulturavdelinga sitt arbeid med ungdom, for å samle ressursane. Det kjem fleire søknader til HPN om ulike prosjekt og tiltak for rekruttering av ungdom. I høve ungdom er det få regionale prosjekt for å styrkje attraktiviteten og rekruttering av unge til fylket. Det er eit stort behov for slike tiltak, og det må inn vesentlege midlar om det skal gje effekt. Dei disponible midlane kan og bli nytta til å støtte opp under slike prosjekt. Kjerneområde vart sett til 0,2 mill. kr. for å gjere det synleg at det bør ligge noko økonomi om vi skal ha fokus på dette. Fylkesdirektøren vil kome tilbake til vurderingar omkring satsinga mot ungdom frå fleire avdelingar. Det er mogleg å tenkje seg at ein i større grad samordnar ansvar og oppgåver.

98 Side 24 av 28 Fylkesdirektøren meiner det er naudsynt å halde oppe nivået på løyvingane og gjer ikkje framlegg om kutt i budsjettet for 2015 og Tilråding Tenesteområde Fellesfunksjonar og støttefunksjonar: Fylkesdirektøren meiner det er naudsynt å halde oppe nivået på løyvingane på tenesteområde 7153 Fellesfunksjonar og støttefunksjonar og gjer ikkje framlegg om kutt i budsjettet for 2015 og Fylkesdirektøren gjer framlegg om å auke budsjettet for 2015 og 2016 til 0,438 mill. kr., ved å flytte kr frå tenesteområde Tenesteområde 7157 Internasjonalt arbeid Hausten 2013 vart Internasjonal strategi vedteken. Strategien er bygd på dei intensjonane som ligg i fylkeskommunen sine overordna strategiar. Internasjonal strategi skal vere førande både for overordna politisk deltaking og for utvikling av fagområde og prosjektdeltaking i fylkeskommunen. Budsjettet til Internasjonalt arbeid er i økonomiplanen for 2015 på 0,660 mill. kr. Dette nivået vart i junisaka definert som kjernenivå. Fylkeskommunen er medlem i fire organisasjonar; CPMR, Nordsjøkommisjonen, Euromontana og Vest-Norges Brüsselkontor. Medlemskontingent utgjer om lag 0,400 mill. kr. Resterande del av budsjettet vert nytta til administrativ deltaking i møter/arrangement i samband med desse organisasjonane. Eit kjernenivå på 0,660 mill. kr føreset at sektorane sjølve dekker eigne reiseutgifter i samband med møter knytt til andre internasjonale arena. Det gir ikkje rom for å sette av administrative ressursar til å utvikle kunnskap om satsingar innan EU eller andre programsamarbeid, eller følgje og støtte det politiske arbeidet internasjonalt. Med bakgrunn i nyleg vedteken internasjonal strategi for fylkeskommunen, rår fylkesdirektøren til at det ikkje vert gjort nokre gjennomgripande vurdering av dette arbeidsområde for økonomiplanperioden , men at dette vert gjort i neste periode. For dei fyrste åra vert det rådd til at arbeidet vert konsentrert omkring arbeidsformer for å få meir erfaring med kva vi kan erfaringar på kva vi kan få til innafor dei rammene som ligg. Tilråding Tenesteområde Internasjonalt arbeid: Fylkesdirektøren meiner det er naudsynt å halde oppe nivået på løyvingane med 0,660 mill. kr., og gjer ikkje framlegg om kutt i budsjettet for 2015 og Programområde 716 Friluftsliv, vassregionstyresmakt og forvaltning av vilt og innlandsfisk budsjett 2015 og Tilpassing til rammene Programområdet omfattar i hovudsak administrative ressursar innanfor klima/miljø, friluftsliv, vassregionstyresmakt og forvaltning av haustbare, ikkje-truga artar av vilt og innlandsfisk. Det ligg og innsamling av miljødata, rettleiing innanfor område og bistand og uttalar i samband med regional planlegging, kommunal og privat planlegging, utbyggingsverksemd, driftsstønad til friluftsorganisasjonar og tilskot innan friluftsliv. For å få dette til er det etablert søknadsbaserte ordningar med økonomisk støtte og utviklingsavtalar for å styrke frivillige samfunnsbyggande organisasjonar med komplementær kompetanse og aktivitetsretta fokus. Fleire av områda forvaltar statlege midlar Tenesteområde 7163 Klima og miljø Handlingsprogrammet, vedteke av FT i 2013, ligg til grunn for arbeidet med klima og miljø fram mot ny rullering hausten Skal vi nå dette målet må satsinga bli følgt opp med budsjettmidlar. Kjerneoppgåver innafor klima og miljø er å: 1. Følgje opp tiltaka i fylkesdelplan for klima og miljø 2. Redusere utslepp frå aktivitet i fylkeskommunal verksemd

99 Side 25 av Inngå samarbeid rundt tiltak for utsleppsreduksjon med kommunar, frivillige lag og organisasjonar og næringsliv i fylket 4. Styrke kunnskap og forsking rundt utsleppereduksjon og klimatilpassing på regionalt og lokalt nivå. I 2015 vil fylkeskommunen bruke midlar på å redusere utslepp frå eiga verksemd, og styrke klimasatsinga i vidaregåande skule. Fylkeskommunen arbeider vidare med å miljøsertifisere eiga verksemd, gjev tilskot til bedrifter som miljøsertifiserer seg og med haldningsskapande arbeid i dei vidaregåande skulane for å auke bruk av økologisk og kortreist mat i kantinene på skulane. Fylkeskommunen vil vidareføra samarbeidsavtalar med frivillige lag og organisasjonar, knytt til utsleppereduksjon, samstundes som vi utviklar samarbeidet med næringslivet og kommunane. I 2015 vert det gjort utreiingar rundt miljøvenlege teknologialternativ når det gjeld buss og ferje, samstundes som fylkeskommunen vil bidra til å utvikla ny forsking og kunnskap rundt klimatilpassing. Det er sett opp eit detaljert budsjett for dei ulike satsingsområda i tråd med vedteke handlingsprogram til Regional plan for klima og miljø og gjort ei ny intern fordeling. Totalt vert det opna for å redusere budsjettet for 2015 med 0,1 mill. kr. Budsjettet er etter det delt slik mellom 5 ulike område: 1) Styrking av frivillig sektor kr ) Berekraftig lokalsamfunnsutvikling kr ) Berekraftig næringsutvikling kr ) Berekraftig samferdsle kr ) Klima- og miljøarbeid internt i fylkeskommunen kr Tilråding Tenesteområde 7163 Klima og miljø: Fylkesdirektøren rår til at det vert sett av 1,9 mill. kr. til tenesteområdet. I det ligg det eit mindre kutt på 0,1 mill. kr. i 2015 og Eit så lite kutt er grunna i at det bør vere stor grad av føreseieleg oppfølging av vedtekne handlingsprogram knytt til regionale planar Tenesteområde 7164 Friluftsliv, natur og vassforvaltning Kjerneoppgåvene i programområde Friluftsliv, vassregionstyresmakt og forvaltning av vilt og innlandsfisk handlar om å leggje til rette for berekraftig (natur-) ressursforvalting (jamfør planog bygningslova 3-1). Innanfor friluftsområdet skal fylkeskommunen bidra til å fremme ålmentas interesser og leggje til rette for friluftsliv, i tråd med ansvaret gitt i spesiallover og overordna lover. Fylkeskommunen forvaltar statlege tilskotsordningar til friluftslivsføremål. I 2013 vart Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv vedteken. Planen gjev retningsliner for tiltak i fylket, i regi av regionale aktørar, kommunane og frivillige organisasjonar. Prøveprosjektet med utviklingsavtaler, er ei oppfølging av planen sitt handlingsprogram. Dette gjeld basisfinansiering av NJFF Sogn og Fjordane, FNF Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane turlag. Innafor planen sitt handlingsprogram er det sett av midlar til satsing på: Etablere friluftsråd Prosjekt ung meistring i vill natur, i regi av Sogn og Fjordane turlag Merking og gradering av turløyper (gjennom deltaking i det nasjonale turskiltprosjektet) Prosjekt naturbasert friluftsliv, i regi av FNF Sogn og Fjordane Eit fundament for arbeidet i dag er statlege tilskot. Dei statlege tilskota til desse områda, er så langt ikkje redusert (men heller ikkje auka monaleg). Friluftsliv Den administrative ressursen vert nytta til rådgjeving/opplysing, nettverksbygging, kompetanseutvikling, medan driftsmidlar vert nytta til kostnadar ved arbeidet, kostandar ved å gjennomføre tiltak i regional plan og til utviklingsavtalar med organisasjonar. Dei administrative ressursane vert og nytta til forvaltningsoppgåvene knytt til tildeling av statlege midlar, søknadar om tiltak for kultivering i vassdrag og stiltak og søknadar om selfangst.

100 Side 26 av 28 Vilt- og fiskeforvaltning HPN (sak 70/12) vedtok ein strategi for vilt- og fiskeforvalting. Målet for strategien er at vilt- og fiskeressursane skal vere grunnlag for eit variert jakt- og fisketilbod og for utvikling av næringsverksemd. Fylkeskommunen skal jobbe etter tre strategiar for å fremje målet: Styrking av kunnskapsnivået, om vilt og innlandsfisk, i Sogn og Fjordane. Betre organisering av vilt- og innlandsfiskeforvalting på grunneigarsida. Utvikling av effektive forvaltingsmodellar for innlandsfisk og vilt. Verdsarv, natur- og kulturparkar Fylkeskommunen er vertsfylke for eit verdsarvområde og med som stiftar av stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark. Fylkeskommunen har i dag ingen økonomisk forplikting på drift av stiftinga. Fram til og med 2013 budsjetterte fylkeskommunen med 0,900 mill. kr. til Verdsarv, natur- og kulturparkar, der 0,300 mill. kr årleg vart brukt til prosjekt i verdsarvområdet. Som ei oppfylging av Kystarven som verdiskapar er det sett gang eit forprosjekt for å etablere ein regional natur og kulturpark i HAFS med Solund som prosjektansvarleg. Dette er ei satsing forankra i HPN (sak 71/13), som eit organisatorisk verkemiddel for å styrke verdiskapinga med basis i natur og kultur. Det er ikkje sett av midlar til dette området i budsjettet. Prosjekta vert no støtta gjennom fellesposten HPN har til disposisjon eller andre frie midlar. Fylkesdirektøren har fremja støtte til dette området som eit utviklingsområde for ny satsing. Vassforvaltning Fylkeskommunen er vassregionmyndigheit for vassregion Sogn og Fjordane, med ansvar for å utarbeide ein regional plan for vassforvaltning med eit tilhøyrande tiltaksprogram. Det er tilsett prosjektleiarar i kvar av dei fire vassområda i vår region. Organiseringa av vassområda er under diskusjon. Det er administrative ressursar tilsvarande ei stilling til å drive planarbeidet, og budsjetterte midlar på 0,300 mill. kr. som økonomisk støtte til drift av vassområda. Fylkesdirektøren ser ikkje at det er mogleg å redusere i støtta til vassområda, om planarbeidet skal halde fram i tråd med gitte fristar. Planarbeidet er sterkt lovregulert og staten bidreg i finansieringa. Tilråding Tenesteområde 7164 Friluftsliv, natur og vassforvaltning Fylkesdirektøren rår til at det ikkje vert gjort kutt i ramma til tenesteområde og at det vert sett av 1,5 mill. kr. for åra 2015 og Reduksjon i ramme, vil svekke arbeidet inn mot regionale planar, støtte til kommunane sitt arbeid, og svekke dei frivillige organisasjonane i fylket. Kutt i desse rammene bør skje etter ei nærare utgreiing av langsiktige konsekvensar. Fylkesdirektøren for plan og samfunn rår til at det vert tildelt/etablert eiga ramme for oppfølging av verdsarvområdet. Fylkesdirektøren vil kome tilbake til dette i saka om utgreiingar i samband med økonomiplanen for , men ser det som naturleg alt no å peike på at det er ein mangel på ei langsiktig oppfølging av verdsarvområdetog etablering av natur og kulturparkar. 8. Oppsummering/tilråding Fylkesdirektør for plan og samfunn og fylkesdirektør for næring rår til at hovudutval for plan og næring gjer følgjande disponering på tenestenivå for åra 2015 og 2016: PROGRAMOMRÅDE 400 Tenesteområde B-2014 B-2015 B-2016

101 4005 -Hovudutvalet - til 1,025 0,825 0,825 disposisjon Sum 1,025 0,825 0,825 Ligg på forvaltning. PROGRAMOMRÅDE 700 TILRETTELEGGING OG STØTTEFUNKSJONAR FOR NÆRINGSLIVET Tenesteområde B-2014 B-2015 B Nyskaping 24,537 23,780 20, Kunnskap 5,825 5,825 5, Bedriftsretta satsingar 32,700 26,337 31, Kommunikasjonsteknologi 1,511 1,000 1, Bransjeretta satsingar 14,520 11,670 8, Andre næringsområde 5,127 3,377 3,377 Sum 84,220 71,989 70,467 Budsjett 2014 er inkludert bruk av fond PROGRAMOMRÅDE 480 DIVERSE FELLESUTGIFTER (FOLKEHELSE) Tenesteområde B-2014 B-2015 B Folkehelsearbeid 4,750 4,750 4,525 Sum 4,750 4,750 4,525 Ligg på forvaltning. PROGRAMOMRÅDE 715 LOKAL OG REGIONAL UTVIKLING Tenesteområde B-2014 B-2015 B Regionalt plan og 2,000 1,900 1,900 utviklingsarbeid 7152 Lokalt plan og 6,728 4,318 3,820 utviklingsarbeid 7153 Fellesfunksjonar og 0,338 0,438 0,438 støttefunksjonar 7157 Internasjonalt arbeid 0,660 0,660 0,660 Sum 9,726 7,316 6,818 Side 27 av 28 PROGRAMOMRÅDE 716 FRILUFTSLIV, VASSREGIONSTYRESMAK OG FORVALTNING AV VILT OG INNLANDSFISK Tenesteområde B-2014 B-2015 B Klima og miljø 2,000 1,900 1, Friluftsliv, natur og 1,100 1,100 1,100 vassforvaltning Sum 3,100 3,000 3,000 Administrasjonen meiner at fylkeskommunen er ikkje rettsleg bundne til avtalen med Nordic Mining og kommunane Naustdal og Askvoll om inkubatoraktivitet knytt til rutilutvinning i Engebøfjelllet. Det er difor ikkje trong for å re-forhandle avtalen. Det er ikkje rom innanfor gjeldande rammer til å oppfylle målsetjinga om å delta med midlar til inkubatoraktivitet. Fylkesdirektør for næring rår til at Nordfjord Hamn IKS får avslag på søknad om tilskot til utbygging av terminal retta mot sjøbasert næring utanom fiskeri i Barstadvika.

102 Side 28 av 28 Film er ikkje innanfor prioriterte næringssatsingar og fylkesdirektøren for næring rår til at det vert ikkje inngått ny avtale med Western Norway Film Commission og Filmfondet Fuzz AS. Fylkesdirektøren for plan og samfunn har ikkje funne rom for tilskot til prosjektet Liv i Sogn, frå kommunane Balestrand, Høyanger og Vik innafor gjeldande økonomiske ramme. Fylkesdirektøren rår til at hovudutvalet tek prosjektet med som eit marginaltiltak i den vidare budsjettprosessen. Fylkesdirektøren for plan og samfunn har ikkje funne rom for å gje tilskot til prosjektet Naustdal fortel innafor dagens økonomiske ramme. Hovudutvalet tek prosjektet med som eit marginaltiltak i den vidare budsjettprosessen. Fylkesdirektøren for plan og samfunn rår hovudutvalet til å prioritere disponering av midlar avsett på tenesteområde 7152 tettstadforming for 2015 og 2016, med totalt kr. 3,0 mill. kr., for å fullføre delfinansieringa av Fjordstien i Sogndal. Område som skal utgreiast opp mot innsparingskravet for åra vert å kome attende til i eiga sak.

103 Side 1 av 11 Saksframlegg Saksbehandlar: Lars Erik Lunde, Samferdsleavdelinga Sak nr.: 14/ Budsjett 2015 / Økonomiplan Samferdsle Fylkesdirektøren rår hovudutval for samferdsle til å gjere slikt vedtak: 1 Hovudutval for samferdsle rår til ei slik prioritering mellom programområda i 2015 og 2016 ( i mill. kr) Programområde B-2014 B-2015 B Fylkesvegar, miljø og trafikktryggingstiltak 400, , , Bilruter 264, , , Fylkesvegferjer 97,422 99, , Båtruter 120, , , Tilrettelagd transport 9,671 9,909 9,909 Sum 892, , ,745 2 Hovudutal for samferdsle legg førebels til grunn følgjande fordeling av innsparingskrav på 24 mill. kr i 2015 og 84 mill. kr i 2016: Område Uføresette hendingar på fylkesvegnettet -15,0-15,0 Drift og vedlikehald på fylkesveg -7,5-56,4 Ruteproduksjon buss -1,5-7,2 Ruteproduksjon båt -3,4 Fylkesvegferjer -2,0 Sum -24,0-84,0 3 Det vert sett av 0,45 mill. kr årleg i driftstilskott til ferjesambandet Solvorn-Ornes i Luster kommune så lenge ferja dekkjer behovet for skuleskyss. 4 Hovudutval for samferdsle legg førebels til grunn ei fordeling av investeringsprogram for fylkesvegar slik det går fram i pkt. 7 i saksutgreiinga. Vedlegg: Søknader om økonomisk støtte frå kommunar Andre dokument som ikkje ligg ved: HS-sak 29/13 Budsjett 2015 / Økonomiplan Prioritering av oppgåver på samferdslesektoren SAKSFRAMSTILLING

104 Side 2 av Bakgrunn for saka Grunnen for at saka er fremja I budsjettprosessen for 2014 var det fokus på at vi ventar ein større reduksjon i inntektsrammene våre alt frå Det vart difor vedteke at hovudutvala i løpet av våren skulle gå gjennom aktivitetane i eigen sektor og prioritere innbyrdes mellom desse. Dette arbeidet vart gjort i HS-sak 29/14. I arbeidsdokument 1/14 slutta finansutvalet seg til fylkesrådmannen sitt framlegg til gjennomføring av prosessen for utarbeiding av budsjett 2015/økonomiplan Budsjettprosessen føresette at fylkestinget i desember 2014 skal vedta budsjett 2015/økonomiplan I kommuneproposisjonen for 2015 som regjeringa la fram i mai vart det presentert eit framlegg til nytt inntektssystem som gjev ein vesentleg rammereduksjon for Sogn og Fjordane fylkeskommune. Den store reduksjonen i framtidige inntekter vil føre til at heile den fylkeskommunale verksemda må vurderast. Dette arbeidet er omfattande og vil ta tid. Dei nye inntektsføresetnadane, kombinert med den korte tidshorisonten for gjennomføringa, gjorde at fylkesrådmannen meinte det ikkje var realistisk å gjennomføre føreståande økonomiplanprosess som planlagt. Fylkesrådmannen tilrådde derfor ein deling av budsjettprosessen der vi vidare fram mot vedtak i desember 2014 har fokus på budsjettåra 2015 og 2016 samt ein overordna og forenkla økonomiplan for åra Finansutvalet slutta seg til dette i samband med behandlinga av arbeidsdokument 3/14 den 18. juni. Historikk - tidlegare vedtak Hovudutvalet for samferdsle behandla 27. juni HS-sak 29/14 Budsjett 2015 / Økonomiplan Prioritering av oppgåver på samferdslesektoren. 2. Felles innleiing til alle hovudutvala Fylkeskommunen står no overfor den mest krevjande budsjett- og økonomiplanprosessen nokon sinne. Nytt inntektssystem (IS) gjev ein vesentleg rammereduksjon for Sogn og Fjordane. Justert for pårekna tapskompensasjon første året og alt forventa inntektsreduksjon, aukar salderingsutfordringa vår som følgje av det nye systemet slik: Netto auka salderingsutfordring som følgje av nytt IS -8,7-60,7-112,7-164,7-223,7 Ei slik endring i eksterne rammeføresetnader vil stille store krav til omstilling, og gjennom det store krav til organisasjonen vår. I arbeidsdokument 3/14 til finansutvalet la fylkesrådmannen fram følgjande køyrereglar han meiner må vere sentrale gjennom heile denne prosessen: 1. Vi må setje innbyggjarane sitt beste i fokus 2. Vi må vise respekt for alle tilsette 3. Vi må følgje gjeldande lover og forskrifter 4. Oppgåver kan vere lovpålagte, ikkje løysingsmåten 5. Alle reduksjonsforslag må vere tilstrekkeleg utgreidde 6. Vi må planlegge og budsjettere realistisk 7. Vi må vurdere oppgåver og tenester, vekk med ostehøvelen 8. Vi må framleis ha nokre vekstelement i budsjetta 9. Vi må sikre rett og nok kompetanse i føreståande arbeid 10. Vi må framleis arbeide for å betre rammevilkåra våre

105 Side 3 av 11 Køyrereglane vart positivt mottekne i finansutvalet, og fylkesrådmannen tillet seg difor å gjenta dei innleiingsvis i hovudutvalssakene. Justert budsjett- og økonomiplanprosess Den store reduksjonen i framtidige inntekter vil føre til at heile den fylkeskommunale verksemda må vurderast. Dette arbeidet er omfattande og vil ta tid. Finansutvalet vedtok som følgje av dette å dele den vidare budsjettprosessen opp slik: Prosess Budsjett 2015 Rammer for 2015 i finansutvalet Detaljbudsjet t 2015 i hovud-utvala sept. 14 Slutthandsamin g i Fylkestinget des. 14 Budsjett 2016 Rammer for 2016 i finansutvalet Skisse til naudsynte tiltak i hovudutvala sept. 14 Vedtak i Fylkestinget des.14 Ev. utgreiingar og implement. i 2015 Økonomipla n Prosessvedta k i finansutvalet Hovudutvala vert utfordra oktober og november 14 Saldering av økonomiplan teknisk i FT des. 14 Økonomiplan -arbeid våren 2015 Vedtak i fylkestinget juni 2015 Som ein konsekvens av denne oppdelinga har hovudutvala fått to oppdrag i no i haust; i september (gjennom denne saka) skal hovudutvala vise korleis sektoren på best mogleg måte kan tilpasse seg følgjande rammeutfordringar på kort sikt: Forvaltning Opplæring -3-5 Tannhelse -3-3 Plan og næring -3-5 Kultur -3-5 Samferdsle Sum utgreiingsrammer Med bakgrunn i hovudutvala sine framlegg i denne saka skal finansutvalet 24. september drøfte den kortsiktige tilpassinga til skisserte rammeutfordringar ( ). I slutten av oktober skal hovudutvala kome med framlegg til kva område som skal nærare utgreiast for å oppnå innsparingar på lang sikt. Finansutvalet har fastsett følgjande utgreiingsrammer for sektorane: Forvaltning 30 Opplæring 88 Tannhelse 11 Plan og næring 11 Kultur 17 Samferdsle 130

106 Side 4 av 11 Sum utgreiingsrammer 287 Hovudutvala sine framlegg til utgreiingsområde vert drøfta i finansutvalet 5. november, og skal vedtakast som ein del av budsjettet i desember Sjølve utgreiingane vil bli gjorde våren 2015, med sikte på å gjere retningsgjevande innsparingsvedtak i økonomiplanen i juni Budsjett 2015 / Økonomiplan 2016 Overordna økonomiske rammer Ramma til samferdsleområdet er i 2015 på 869,9 mill kr. Tala i tabellane for kvart programområde er i 2015-kr med ein føresetnad om 2,5 pst. i prisjustering. Dette vil kunne bli justert når kommunal deflator vert kjent i statsbudsjettet i oktober I rammene det lagt inn ein føresetnad om kompenasjon frå staten for auka arbeidsgjevaravgift i 2015 på 4,4 mill. kr og i 2016 på 3,9 mill. kr. Rammene i budsjettet for 2016 er auka med 4,5 mill. kr i kompenasjon knytt til auka kostnader med ny ferjekontrakt, jf. arbeidsdokument 4/14. I ramma til samferdslesektoren ligg det 15,660 mill. kr i driftsmidlar knytt til samferdsleavdelinga. Dette gjev følgjande rammer på programområda (i mill kr): Programområde B-2014 B-2015 B Fylkesvegar, miljø og trafikktryggingstiltak 400, , , Bilruter 264, , , Fylkesvegferjer 97,422 99, , Båtruter 120, , , Tilrettelagd transport 9,671 9,909 9,909 Sum 892, , ,745 Fordeling av midlar på tenestenivå I det følgjande er det synt framlegg til prioritering av samferdsleramma på dei forskjellige tenestene. Programområde 722 Fylkesvegar, miljø og trafikktryggingstiltak Teneste B-2014 B-2015 B Renter for vegforskotteringar 0,000 3,000 1, Driftsmidlar overført til investering 53,250 16,377 11, Fylkesvegar - drift og vedlikehald (netto) 329, , , Fylkesvegar - uforutsette hendingar 8,000 0,000 0, FTU - administrasjon og tiltaksmidlar 1,200 1,200 1, FTU - trafikktryggingstiltak i kommunane 5,000 5,000 5, Fylkesvegar - Kontorbudsjett 3,607 2,907 2,907 Prisjustering (2,5 pst.) -9,450-8,200 Sum 400, , , Renter for vegforskotteringar

107 Side 5 av 11 Det er lagt opp til løyvingar i høve til vedtak i sak 14/07 i fylkestinget. Løyvingane er knytt til kompensasjon for rentekostnader til Luster kommune i samband med forskotering av kostnadane med Gullringen-tunnelen Driftsmidlar overført til investering Det er sett av 16,4 mill. kr i driftsmidlar til investering, jf. investeringsprogrammet for fylkesveg Fylkesvegar - drift og vedlikehald (netto) Det er sett av 355,4 mill. kr netto til drift og vedlikehald av fylkesvegnettet. Dette vil gje ei bruttoløyving på om lag 438 mill. kr. Dette er om lag på same nivå som føresett i gjeldande økonomiplan. I 2014 vert det nytta om lag 200 mill. kr (brutto) til drift av fylkesvegnettet og om lag 239 mill. kr til vedlikehaldstiltak. Det vil vere mogleg å vidareføre dette nivået i Rammene til drift og vedlikehald vert redusert monaleg i Midlane er førebels ikkje fordelt på område. Fordelinga vil m.a. vere avhengig av kva løysing som vert vald av fylkestinget i høve til rehabilitering av Høyangertunnelen. Det vert lagt opp til at midlane frå posten til uføresette hendingar vert nytta direkte til vedlikehaldstiltak i dei komande åra 7223 Fylkesvegar - uforutsette hendingar Det vert ikkje lagt opp til å setje av midlar til å møte uføresette hendingar. Midlane er omprioritert til å nyttast direkte til vedlikehaldstiltak. Dette vil betre rammene til vedlikehald, men gjere oss meir sårbare i høve til å finansiere tiltak som følgje av skred, flaum og liknande FTU - administrasjon og tiltaksmidlar Det vert lagt opp til at rammene til FTU vert vidareført på same nivå som tidlegare år FTU - trafikktryggingstiltak i kommunane Det vert lagt opp til at rammene til FTU vert vidareført på same nivå som tidlegare år. Programområde 730 Bilruter Teneste B-2014 B-2015 B Buss - kjøp av teneste 174, , , Buss -skuleskyss undertransportørar/div. grunnskulen 34,766 32,800 32, Buss - skuleskyss vidaregåande skule 24,682 21,700 21, Ungdomstilbod 8,000 7,500 7, Diverse kollektiv 11,370 10,820 10,820 Ufordelt innsparingskrav -5, Bilruter - Kontorbudsjett 10,739 10,739 10,739 Kompenasjon for auka arbeidsgjevaravgift -2,110-2,110 Prisjustering (2,5 pst.) -6,567-6,567 Sum 264, , , Buss Desse tre tenesteområda omfattar kostnadane med det ordinære rutetilbodet med buss, samt skuleruter utført av undertransportørar. For 2015 vert det i hovudsak lagt opp til ei vidareføring av dagens rutetilbod. Ein av grunnane til at vi i 2015 kan vidareføre rutetilbodet er mindre kostnadsauke enn forventa på kontraktane.

108 Side 6 av 11 Godt kollektivgrunnlag med lågare takstar på bybuss og høgare frekvens mellom Førde og Florø og Sogndal og Leikanger er viktige tiltak for å betre kollektivtrafikken i fylket og vert vidareført i 2015 innanfor budsjettet på teneste Sjølv om det vert lagt opp til ei tilnærma vidareføring av rutetilbodet i 2015, må kostnadane reduserast med 1,5 mill. kr ved effektivisering og ruteendringar som råkar så få som mulig. Administrasjonen har gjennom arbeidet med anbodsutlysing av rutetilbodet i fylket opparbeidd seg kunnskap som gjer at det heile tida vert gjort vurderingar av om ruteopplegg fungerer hensiktsmessig. Hovudutval for samferdsle vil i oktobermøtet få ei sak med forslag til tiltak for å redusere kostnadane på dette området med dei nemnde 1,5 mill. kr. I budsjettet er det føresett at vi får kompensert kostnadsauken vi får på grunn av endringane i differensiert arbeidsgjevaravgift Ungdomstilbod Ungdomstilboda på dette tenesteområdet omfattar Ungdomskort, Trygt heim for ein 50-lapp og lokale transporttilbod for ungdom. For 2015 vert det ei vidareføring av dagens tilbod. For 2016 må også desse tilboda vurderast opp mot det ufordelte innsparingskravet på 5,700 mill. kr omtalt nedanfor Diverse kollektiv Tenesta inneheld kostnader til terminalar, venterom, ruteinformasjon, elektronisk billettering, planlegging og marknadsføring. På same måte som for tenesteområda ovanfor vert det lagt opp til ei vidareføring i 2015, medan endringar i tilbodet må vurderast opp innsparingskrav for Ufordelt innsparingskrav For 2016 ligg det inne i budsjettet eit ufordelt innsparingskrav på 5,7 mill. kr på heile programområde 730. Dette kjem i tillegg til effektiviseringar på 1,5 mill. kr som er nemnd over. Gjennom utgreiingsarbeid vinteren 2015 skal konsekvensen av eventuelle innsparingar synleggjerast som utgangspunkt for fastsetting av nye rammer for Nye rammer for 2016 vert vedtekne i fylkestinget i juni Programområde 731 Fylkesvegferjer Teneste B-2014 B-2015 B Fylkesvegferjer 97, , ,900 Ufordelt innsparingskrav -2, Fylkesvegferjer - Kontorbudsjett 0,162 0,162 0,162 Kompenasjon for auka arbeidsgjevaravgift -1,100-0,600 Prisjustering (2,5 pst.) -2,580-2,823 Sum 97,422 99, , Fylkesvegferjer Kostnadane med fylkesvegferjene inkludert kabelferja mellom Mjånes og Hisarøy rundar 100 millionar i For 2015 vert det ei vidareføring av dagens rutetilbod. I 2014 har Sogn og Fjordane fylkeskommune/statens Vegvesen gjennomført anbod på dei fylkeskommunale ferjene for perioden Rutetilbodet i anbodet er ei vidareføring av dagens rutetilbod, men resultatet er likevel ein kraftig auke i kostnadane. Kostnadsauken i 2016 er første av fleire kraftige hopp for perioden framover. Frå 2019 vil kostnadane vere om lag 40 mill. kr høgare enn dagens kostnad. I budsjettet er det føresett at vi får kompensert kostnadsauken vi får på grunn av endringane i differensiert arbeidsgjevaravgift.

109 Side 7 av 11 Ufordelt innsparingskrav For 2016 ligg det inne i budsjettet eit ufordelt innsparingskrav på 2,0 mill. kr på programområde 731. Gjennom utgreiingsarbeid vinteren 2015 skal konsekvensen av eventuelle innsparingar synleggjerast som utgangspunkt for fastsetting av nye rammer for Nye rammer for 2016 vert vedtekne i fylkestinget i juni Programområde 732 Båtruter Teneste B-2014 B-2015 B Båt - skuleskyss/veglause grender 5,928 5,816 5, Båt - ekspress- og lokalruter 107, , , Båt diverse 5,166 6,160 6,160 Auka arbeidsgjevaravgift (ufordelt) 1,200 1,200 Ufordelt innsparingskrav -3, Båtruter - Kontorbudsjett 1,681 1,681 1,681 Kompenasjon for auka arb. gjevar avgift -1,200-1,200 Prisjustering (2,5 pst.) -3,062-3,062 Sum 120, , , Båt Båtrutene i fylket er ein god blanding av skuleruter, lokalruter, godsbåtrute, regionale ruter og ekspressruter. For 2015 vert det i utgangspunktet lagt opp til ei vidareføring av dagens rutetilbod. Sjølv om det vert lagt opp til ei vidareføring av rutetilbodet må vi heile tida sjå på effektivisering og fornuftige ruteendringar. Hovudutval for samferdsle vil i oktobermøtet få ei sak med forslag til ruteendringar. Fylkesdirketøren kan ikkje sjå vekk frå at det vil komme forslag om ruteendring på båt. I budsjettet er det føresett at vi får kompensert kostnadsauken vi får på grunn av endringane i differensiert arbeidsgjevaravgift. Ufordelt innsparingskrav For 2016 ligg det inne i budsjettet eit ufordelt innsparingskrav på 3,4 mill. kr på programområde 731. Gjennom utgreiingsarbeid vinteren 2015 skal konsekvensen av eventuelle innsparingar synleggjerast som utgangspunkt for fastsetting av nye rammer for Nye rammer for 2016 vert vedtekne i fylkestinget i juni Programområde 733 Tilrettelagt transport Teneste B-2014 B-2015 B Tilrettelagd transport 9,500 9,738 9, Tilrettelagt transport - kontorbudsjett 0,171 0,171 0,171 Prisjustering (2,5 pst.) -0,243-0,243 Sum 9,671 9,909 9, Tilrettelagd transport Det er sett av 6,1 mill. kr til ordninga med tilrettelagt transport. Dette er ei vidareføring av nivået i Det er sett at 3,6 til ordninga med serviceskyss i Det er 19 kommunar som har fått tildelt midlar frå ordninga i Inndekning av budsjettreduksjon i 2015 og 2016 Innleiing

110 Side 8 av 11 Finansutvalet har lagt til grunn eit innsparingskrav på samferdslesektoren på 24 mill. kr i 2015 og 84 mill. kr i Hovudutvalet fekk i oppgåve å vise korleis sektoren på best mogleg måte kan tilpasse seg desse rammeutfordringane. Det skal synleggjerast om tiltaka er vurdert som ei kortsiktig tilpassing, eller om dei kan inngå som ein del av den langsiktige tilpassinga til nye sektorrammer. Det må sannsynleggjerast at kortsiktige tilpassingar er reversible. Fordeling av budsjettreduksjonen I framlegg til budsjett er det i hovudsak lagt opp til ei vidareføring av ruteproduksjonen på kollektivområdet i I gjeldande økonomiplan er det lagt til grunn eit høgare kostnadsnivå knytt til vidareføring av rutetilbodet enn det prognosane no syner. Dette gir såleis ei monaleg innsparing i høve til rammene i økonomiplanen på kollektivområdet. I tråd med gjeldande praksis/fullmakt med å sjå innsparingar på kollektivområdet i samanheng med drift og vedlikehald på fylkesvegnettet er desse midlane overført til veg. Dette bidrar til at konsekvensane av budsjettreduksjonen på vegområdet vert noko mindre. Tabellen under syner fordeling av innsparingane etter at ledige midlar på kollektivområdet er overført til drift og vedlikehald. Fordeling av budsjettreduksjonen i 2015 på 24 mill. kr og i 2016 på 84 mill. kr er på følgjande område: Område Uføresette hendingar på fylkesvegnettet -15,0-15,0 Drift og vedlikehald på fylkesveg -7,5-56,4 Ruteproduksjon buss -1,5-7,2 Ruteproduksjon båt -3,4 Fylkesvegferjer -2,0 Sum -24,0-84,0 Fylkesdirektøren vurderer at budsjettreduksjonane i 2015 er reversible og kan inngå i den langsiktige tilpassinga til nye sektorrammer. Reduksjonane i budsjettet for 2016 på kollektivområdet bør også kunne gjennomførast som del av den langsiktige tilpassinga til nye sektorrammer. Korleis dei ufordelte budsjettkutta på kollektivområdet i 2016 skal løysast må vurderast nærmare fram til vedtak i juni Økonomiplan I juni gav Finansutvalet hovudutvala i oppgåve å kome med eit framlegg til kva område som skal nærare utgreiast for å oppnå innsparingar (på lang sikt) i storleiksorden 248 mill. kr årleg +10% (samla for fylkeskommunen). Samferdslesektoren sin del av det langsiktige innsparingskravet er 130 mill. kr. Finansutvalet såg på desse sektorrammene som utgreiingsrammer og vil kome tilbake med endeleg fordeling av rammene seinare. Utgreiingsområda skal vedtakast som ein del av budsjettet i desember 2014, med sikte på å gjere endelege innsparingsvedtak i økonomiplanen i juni Fylkesdirektøren vil til møtet i hovudutval for samferdsle i oktober leggje fram ei sak om prioritering av område som skal utgreiast for å oppnå samferdslesektoren sin del av det langsiktige innsparingskravet på 130 mill. kr. 6. Søknader frå kommunar

111 Side 9 av 11 Det er komme følgjande søknader om midlar som bør vurderast i samband med budsjettbehandlinga: Stryn kommune søknad om forskotering av gang- og sykkelveg Florø kommune søknad om finansiering av ferjekai på Sør-Skorpa Luster kommune søknad om økonomisk medverknad til drift av ferjesambandet Solvorn Ornes Fylkesdirektøren tilrår å ikkje å støtte søknadane frå Stryn og Flora. Det vert tilrådd at fylkeskommunen vidarefører tilskotet på 0,45 mill. kr til drift av ferjesambandet Solvorn-Ornes i Luster kommune så lenge ferja dekkjer behovet for skuleskyss. Søknadane er nærmare omtalt i vedlegg. 7. Investeringsprogram fylkesveg Ordinære investeringar Det vert lagt opp til følgjande investeringsprogram i perioden I høve til Førdepakken er det førebels ikkje lagt inn investeringstal utanom fylkeskommunen sitt bidrag på 25 mill. kr i seks år frå Investeringsprogram Prosjekt Sum Store prosjekt Førdepakken Ikkje fordelt på år 25,0 25,0 Fv. 609 Dalsfjordsambandet (sluttføring) 5,0 5,0 Fv. 616 Bremangersambandet (sluttføring) 3,8 3,8 Fv. 60 Olden-Innvik, parsell Agjeld-Ugla (sluttføring) 6,3 6,3 Sum store prosjekt 15,1 0,0 0,0 25,0 40,1 Mindre utbetringar Fv. 243 Aurland-Stegastein (refusjon forskottering) 4,0 4,0 8,0 Fv. 365 Pilestredet bru 6,2 6,2 Fv. 542 Osstrupen bru 14,1 14,1 Fv. 31 Daløy ferejekai - utbetring 13,3 13,3 Fv. 633 Rasoverbygg Kleiva 10,2 30,7 41,8 Avslutning av diverse prosjekt (førebels ufordelt) 2,0 Sum mindre utbetringar 24,3 27,5 31,6 0,0 83,4 Gang- og sykkelvegar Fv. 545 Kinnvegen (sluttføring) 27,0 27,0 Fv. 546 Brandsøyvegen 1,3 1,3 1,3 1,3 5,2 0,0 Sum gang og sykkelvegar 28,3 1,3 1,3 1,3 32,2 Trafikktryggingstiltak 8,0 8,0 8,0 8,0 32,0

112 Side 10 av 11 Miljø- og servicetiltak 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 Kollektivtrafikktiltak 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 Planlegging og prosjektering 3,0 1,5 0,8 0,0 5,3 Til fordeling vegsektoren 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 SUM 78,7 38,3 40,8 34,3 193,0 Det vert lagt opp til følgjande finansieringsplan. Finansieringsplan Sum Driftsmidlar 16,3 11,8 13,3 7,8 50,1 Refusjon av mva. 13,3 6,0 7,0 1,5 27,8 Fondsmidlar 3,0 20,5 20,5 44,0 Lånemidlar 46,1 46,1 Førdepakken (lån eller driftsfinansiering) 25,0 25,0 Sum 78,7 38,3 40,8 34,3 193,0 Skredsikring Det vert lagt opp til følgjande investeringsprogram for skredsikring i perioden : Prosjekt Sum Skredsikring Fv. 55 Gullringen 60,4 61,0 121,4 Fv. 152 Allgøya 2,8 2,8 Fv. 337 Bjørnabakken 69,8 58,3 128,1 Fv. 152 Alstokka 4,1 4,1 Fv. 55 Renninganeset - rasvoll Lånefjorden 6,5 6,5 Mindre skredsikringstiltak - ufordelt 10,0 10,0 10,0 30,0 Sum skredsikring 83,2 128,7 71,0 10,0 292,9 Det vert lagt opp til følgjande finansieringsplan: Finansieringsplan Sum Statleg tilskott 67,5 115,7 69,1 8,1 260,4 Mva. kompensasjon 15,7 13,0 1,9 1,9 32,5 Sum 83,2 128,7 71,0 10,0 292,9 Statleg ramma til skredsikring er 478 mill. kr i perioden Alle desse midlane er førebels ikkje disponert.

113 Side 11 av 11 Reguleringsplan for fv. 722 Flovegen i Stryn kommune er venta å vere klar i løpet av Dette er neste prosjekt i høve til fylkestinget si prioritering av skredsikringsprosjekt. Fylkesdirektøren vil kome tilbake til dette i samband med budsjetta for komande år. 8. Konklusjon Fylkesdirektøren rår hovudutval for samferdsle til å gjere prioriteringar på samferdslebudsjettet og investeringsbudsjettet i samsvar med det som går fram av sakutgreiinga.

114 Fylkeskommunen og inntektssystemet Møte med KrF, 1.september 2014

115 Lånegjelda, utvikling Samla lånegjeld auka med over 1 mrd. kr frå

116 Kapitalutgiftene, Brutto kapitalutgifter auka med nær 70 mill. kr. Ulike refusjonsordningar reduserer auken (netto mindre enn brutto). Trass dette aukar den årlege kapitalutgiftsbelastninga med over 50 mill. kr i denne perioden.

117 Lånegjeld i kr. pr. innbyggar (2013) Nøkkeltal Lånegjeld i kr pr innbyggar viser: Akershus Gj.sn S og Fj Lånegjeld i % av driftsinntektene viser: Akershus 37,5% Gj.sn 65,8% S og Fj. 77,2%

118 Netto driftsresultat (2013) Netto dr.res i % av driftsinntekter Akershus 6,1% S og Fj 13,2% Netto dr.res korrigert for overføringar til investeringar i % av driftsinntekter: Akershus 3,2% S og Fj. 3,6%

119 KMD sitt framlegg Vinnarar: Oslo Vestfold Rogaland Taparar: Sogn og Fjordane Nordland Troms Nord-Trøndelag

120 Skjønselement frå KMD Døme på skjønselement i KMD sitt opplegg: Kostnadsnøklar utan lovgrunnlag Tapskompensasjonen Inntektsutjamninga KMD sitt opplegg er ei blanding av fag og politikk.

121 Fylkesutvalet vårt; inntektssystemet består av både fag og politikk FAG POLITIKK Om lag 50% av økonomien vår er knytt til lovfesta tenester. Her bør vi ha faglege kostnadsnøklar. Gjeld: Vidaregåande opplæring Tannhelse Skuleskyss. Om lag 50% av økonomien vår gjeld ikkje lovfesta tenester. Midlar til slike tenester bør fordelast ut frå: Folketal Busettingsmønster Areal Topografi Tenester delvis løyste gjennom statlege tilbod (NSB mv).

122 Vårt alternativ: Utvide KMD s tapskompensasjon Døme: Tap under 200 kr pr. innb.: Ingen kompensasjon Tap mellom kr: 30% kompensasjon Tap over 1000 kr: 90% kompensasjon Krev: 299 mill. kr Finansiering: 59 kr pr. innb.

123 Stortinget sitt vedtak Auka tapskompensasjonen med 30 mill. kr til 125 mill. kr. Årleg tapskompensasjon for SFFK auka som følgje av dette med 8 mill. kr til 32 mill. kr.

124 Stortinget sitt vedtak versus vårt alternativ: Systemverknad Utslaga kan justerast ved å endre: Kompensasjonsgrad Grenseverdiar for kompensasjon

125 Økonomiske utslag i mill. kr Stortinget sitt vedtak Tap andel år SUM Vårt framlegg Tap andel år SUM

126 Grep som må vurderast Sanere gjeld, også ved realisering av verdiar. Investeringsstopp. Sentralisere. Ta bort heile tilbod/oppgåver/aktivitet. Klargjere grunnlag for oppseiingar. Kjøpe oss ut av avtalar/kontraktar

127 Utfordring generelt Vi får høyre at vi har veldig store utgifter til vidaregåande opplæring. Skal vi spare her, må vi truleg avvikle endå fleire skular enn dei to vi no avviklar. Dette er utfordrande når vi samtidig er det fylket som har ein størst %-del av elevane buande på hybel. Dette viser at inntektssystemet ikkje fangar opp vesentlege utgiftsulemper, noko som ein tapskompensasjon kan dekke opp. Utan det; ikkje likeverdige tilbod. Vi får og høyre at vi har veldig store utgifter til samferdsla. Her er skuleskyssen lovpålagt (opplæringslova). Resten «frivillig». Distriktsfylka brukar ein veldig stor del av samferdslemidlane til skuleskyss og har lite «til overs». På landsbasis går berre ca. 1/3 av kollektivmidlane til skuleskyss. Så også her er det vesentlege utgiftsulemper i distrikta, som ein tapskompensasjon kunne ha dekka opp. Utan det; ikkje likeverdige tilbod.

128 Utfordring NSB/jernbaneverket Målretta subsidiering frå staten til NSB genererer mykje kollektivtrafikk. I følgje statsbudsjettet blir det brukt 3 mrd. kr til dette årleg (ca.-tal): ca. 1,5 mrd. kr til hovudstadsområdet. ca. 0,5 mrd. kr til «intercity» austpå ca. 0,5 mrd. kr til områda rundt Bergen, Trondheim, Stavanger, Bodø ca. 0,5 mrd. kr til langdistansetrafikken (neppe kollektiv). I tillegg kjem heile satsinga mot Jernbaneverket, som er tung på austlandet. Problemet er at det ikkje vert korrigert for dette i Inntektssystemet. Eit minimum må vere at nemnde 1,5 mrd. kr i hovudstadsområdet kjem til fråtrekk i ramma til dei fylke som drar store føremonar av dette.

129 Fylkesrådmannen Rammer for det administrative omstillingsarbeidet Sogn og Fjordane fylkeskommune

130 Innhald Innhaldsliste... i Føreord... 2 Felles plattform... 2 Køyrereglar for omstillingsarbeidet... 2 Aktivitetar og informasjon Innleiing Bakgrunn og grunngjeving Overordna mandat Mål for omstillingsarbeidet Hovudmål Resultatmål: Langsiktig rettesnor Effektmål: Konkrete innsparingar Prosessdrivarar og kritiske faktorar Organisering og informasjon Leiingsstruktur for omstilling Kommunikasjonsstrategi Rammer for det administrative omstillingsarbeidet Milepelar og vedtakspunkt Prosjektorganisering Prosjektverktøy og roller Risikoanalyse og kvalitetssikring Interessentanalyse... 9 Vedlegg 1: Fortløpande oppdatert aktivitetsplan Vedlegg 2: Fast administrativ organisering... 11

131 Føreord Felles plattform Dette er ei felles plattform og eit retningsgjevande dokument for det administrative omstillingsarbeidet som Sogn og Fjordane fylkeskommune startar hausten Det definerer roller og oppgåver i samband med arbeidet, og gjev rammer for relasjonar og kommunikasjon mellom den administrative leiinga og det politiske nivået, dei tilsette, eksterne samarbeidspartar, media og andre. Omstillingsarbeidet har sitt utspring i at vi dei neste fem åra skal redusere det samla driftsbudsjettet i fylkeskommunen i tråd med det nye inntektssystemet for fylkeskommunane. For å imøtekome innsparingskrava, legg vi opp til ein gjennomgripande prosess som omfattar alle ledd i organisasjonen. Ein særleg viktig føresetnad for å lukkast i dette organisasjonsarbeidet, er ei god samhandling mellom politisk og administrativt nivå. Like eins er det eit sentralt vilkår at vi opprettheld ein open og konstruktiv dialog med alle tilsette, og sikrar tillitsvaldapparatet medverknad gjennom heile omstillingsprosessen. Køyrereglar for omstillingsarbeidet I lys av Stortinget sine endringar i inntektssystemet frå juni i år fremja fylkesrådmannen overfor finansutvalet følgjande køyrereglar for prosessen vi no går inn i. Desse organisasjonsinterne køyrereglande vart positivt mottekne i utvalet: 1. Vi må setje innbyggjarane sitt beste i fokus 2. Vi må vise respekt for alle tilsette 3. Vi må følgje gjeldande lover og forskrifter 4. Oppgåver kan vere lovpålagte, ikkje løysingsmåten 5. Alle reduksjonsforslag må vere tilstrekkeleg utgreidde 6. Vi må planlegge og budsjettere realistisk 7. Vi må vurdere oppgåver og tenester, vekk med ostehøvelen 8. Vi må framleis ha nokre vekstelement i budsjetta 9. Vi må sikre rett og nok kompetanse i føreståande arbeid 10. Vi må framleis arbeide for å betre rammevilkåra våre Når fylkesrådmannen no trekkjer opp rammer for det administrative omstillingsarbeidet, legg ein til grunn at administrasjonen til ei kvar tid arbeider innanfor gjeldande politiske vedtak og føringar. Aktivitetar og informasjon I endrings- og omstillingsarbeid er kommunikasjon om prosessar og aktivitetar avgjerande for ei vellukka omstilling. Informasjonsverdi og kommunikasjonsbehov både i organisasjonen og eksternt vert vurdert ved kvar aktivitet. Prosjektplanar knytte både til hovudomstillingsprosjektet og delprosjekt må haldast oppdaterte. Gjeldande framdriftsplanar vert gjort tilgjengelege. Gjennom strukturerte, opne prosessar og ein felles innsats for gode langsiktige løysingar, er målsettinga å levere høg kvalitet i alle prioriterte tenester i Sogn og Fjordane fylkeskommune også i framtida. Tore Eriksen, fylkesrådmann Leikanger,

132 1. Innleiing 1.1 Bakgrunn og grunngjeving Eit eige omstillingsprosjekt vil ha ei sentral rolle i det omfattande omstillingsarbeidet som no startar. Prosjektet har sitt utspring i at vi står framføre den mest krevjande budsjett- og økonomiplanfasen i fylkeskommunen si moderne historie. Kommuneproposisjonen for 2015 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) inneheldt framlegg til eit nytt inntektssystem. Framlegget gjev ein vesentleg rammereduksjon for Sogn og Fjordane fylkeskommune. Gjennom inntektssystemet vert dei såkalla kostnadsnøklane endra slik at vårt utgiftsutjamnande tilskot vert redusert med 264 mill.kr. I tillegg vert inntektsgarantiordninga (INGAR) erstatta av ei ny overgangsordning som gjer at reduksjonen skal innarbeidast innan fem år. Omstillingsprosjektet skal arbeide for å finne løysingar basert på effektivisering, oppgåveprioritering og nye organiseringsformer. Over 10% reduksjon i driftsbudsjettet i løpet av ein femårsperiode krev ein gjennomgripande omstillingsprosess. Oppgåver og strukturar må vurderast opp mot kravet om å ivareta, så langt det er muleg, den verdiskapinga fylkeskommunen står for i dag. Vi tek utgangspunkt i at ein omstillingsprosess også gjev mulegheiter for kompetanseheving på fleire område, og såleis også mulegheiter for å yte betre tenester m.o.t. til oppgåvene vi prioriterer. Omstillingsprosessen innanfor vidaregåande opplæring har auka kompetansen innan leiing og personaladministrasjon, og har styrka samhandling, koordinering og gjennomføring i sektoren. Prosessen har vidare stilt store krav til informasjon og dialog med organisasjonane, både sentralt og lokalt. Alt dette er erfaringar vi tek med oss inn i det omfattande administrative omstillingsarbeidet fram mot Prosjekt personal, oppretta for å følgje opp skulebruksplanen innan vidaregåande opplæring, vert fasa inn i det samla omstillingsarbeidet vidare. 1.2 Overordna mandat Fylkesrådmannen understrekar at fylkeskommunen også i omstillingsperioden skal yte tenester av høg kvalitet overfor innbyggjarar og samarbeidspartar. Omstillingsarbeidet har følgjande mandat: 1. Sektorane og prosjektet skal produsere gjennomarbeidde og konsekvensbevisste utgreiingar som grunnlag for administrative og politiske avgjerder knytte til innsparingskrava Sogn og Fjordane fylkeskommune møter i økonomiplanperioden Arbeidet skal vurdere alle tenesteområde i fylkeskommunen, og m.a. vurdere følgjande grep i organisasjonen: Avvikle heile tilbod, oppgåver, funksjonar og aktivitetar Sanere gjeld, også gjennom realisering av verdiar Endra investeringstakt Frikjøp frå inngåtte avtalar og kontraktar Meir fellesorganisering av funksjonar og tenester Andre organisatoriske grep 3. Prosjektorganisasjonen skal vere eit supplement til, og tett samordna med, arbeidet i den faste lineorganisasjonen 1. Gjennom ei matrisetilnærming 2 skal prosjektet si styringsgruppe (jf. pkt. 3.1) i 1 Lineorganisasjonen er den faste administrative organiseringa vår. Sjå organisasjonskart i vedl. 2 i denne prosjektplanen. 2 Matriseorganisering inneber i denne samanhengen at vi kombinerer den faste lineorganisasjonen med eit tidsavgrensa prosjekt, der både lineorganisasjonen og prosjektet gjer seg nytte av dei same ressursane (personar/kompetanse). 3

133 hovudsak nytte organisasjonsinterne ressursar i utgreiingsarbeidet. Delprosjekt kan hente si bemanning frå heile lineorganisasjonen etter kompetansebehov. 4. Alle delutgreiingar skal ta utgangspunkt i oppgåvene som fylkeskommunen løyser og tenestene innbyggjarane har krav på. Eventuelle konsekvensar for dei tilsette skal vurderast etter ei samla vurdering av potensialet for å endre oppgåveporteføljen og mulegheitene for å løyse oppgåvene meir kostnadseffektivt. 5. Større delprosjekt (delutgreiingar) kan få eigne mandat frå styringsgruppa, med særskilt vekt på tilpassingar til sektoren/tenesteområdet sine behov. 2. Mål for omstillingsarbeidet 2.1 Hovudmål Fylkesrådmannen legg følgjande overordna mål til grunn for omstillingsarbeidet 3 : Som regional utviklingsaktør skal fylkeskommunen mobilisere eigne tilsette, aktørar og ressursar til ei målretta og kontinuerleg utvikling av fylket. Sogn og Fjordane fylkeskommune skal levere høg kvalitet innanfor alle prioriterte tenester. Omstillingsprosessen skal sikre lovpålagde oppgåver (kjerneaktivitet) i tillegg til flest muleg prioriterte utviklingsoppgåver utanom kjerneaktiviteten. 2.2 Resultatmål: Langsiktig rettesnor Sogn og Fjordane fylkeskommune er ein berekraftig og robust regional utviklingsaktør og tenesteytar som yter tenester overfor innbyggjarar og samarbeidspartar av høg kvalitet. Dette lukkast vi med fordi: Fylkeskommunen løyser oppgåvene effektivt i og på tvers av sektorane. Vi har eit særskilt fokus på eksterne samarbeidsrelasjonar for å finne nye og innovative løysingar. Vi har endrings- og utviklingsorienterte og engasjerte medarbeidarar med høg fagleg kompetanse. Fylkeskommunen er ein attraktiv og ryddig arbeidsgjevar som trekkjer til seg dyktige medarbeidarar. 2.3 Effektmål: Konkrete innsparingar Prosjektet sine konkrete effektmål skal definerast gjennom fylkestinget si behandling av tilrådde tiltak i juni Fylkesrådmannen vil fram til fylkestinget si behandling gjere konkrete vurderingar omkring potensialet innan fleire aktuelle kvantitative og kvalitative effektmål. I defineringa av alle effektmål er det avgjerande å også definere tydelege referansegrunnlag (innsparingar i forhold til klare referansepunkt): Innsparte årsverk (i forhold til nivå per ). Innsparing ved investeringsreduksjonar (i forhold til nivå per ). Innsparing ved samordning og effektivisering av fellestenester/-funksjonar. Innsparing ved at tenester/tenesteområde/funksjonar/oppgåver vert avvikla. 3 Hovudmål og resultatmål byggjer på mål for Sogn og Fjordane fylkeskommune definerte i budsjett 2014/ budsjett og økonomiplan kap. 3.2, samt gjeldande overordna mål for sektorar og tenesteområde. 4

134 2.4 Prosessdrivarar og kritiske faktorar I omstillingsprosessen skal vi særleg vere merksame på følgjande drivarar og kritiske suksessfaktorar som vil kunne påverke måloppnåinga i omstillingsarbeidet: Vi må sikre god samhandling mellom politisk og administrativt nivå. Vi må ha eit langsiktig perspektiv på politiske og administrative avgjerder (langsiktige styringssignal), for å sikre størst muleg handlingsrom for iverksettinga av naudsynte tiltak. Vi må sikre at vi har ei tilstrekkeleg felles situasjonsforståing både internt og eksternt. Vi må ha ein open og konstruktiv dialog med alle tilsette og sikre tillitsvaldapparatet medverknad gjennom heile omstillingsprosessen. Vi må ha eit godt samarbeid, god koordinering og eit felles ansvar i leiargruppa som styringsgruppe. 3. Organisering og informasjon 3.1 Leiingsstruktur for omstilling 4 Fylkesrådmannen si leiargruppe er også styringsgruppe for det administrative omstillingsprosjektet. Styringsgruppa utgjer ein viktig støttespelar for prosjektleiar, og tek avgjerder om oppstart og avslutning av tiltak, korrigering av prosjektplanen og tilhøyrande aktivitetsplanar samt koordinering av informasjon mellom involverte aktørar. Styringsgruppa vedtek oppretting av delprosjekt og deira mandat. Politisk nivå Administrativt nivå Fylkesrådmannen Leiargruppa Behov for omstillingsprosjekt Prosjektorganisasjon - styringsgruppe - prosjektleiar - juss - økonomi - personal - informasjon - organisasjon Delprosjekt Lineorganisasjon - kultur - næring - plan/samfunn - samferdsle - tannhelse - opplæring - tenesteområde/ stab Ordinær budsjett- og økonomiplanprosess Figur 1: Modell for organisering og samhandling i det administrative omstillingsarbeidet. I styringsgruppa vil både sektorovergripande og sektorspesifikke problemstillingar bli drøfta inngåande. Dette stiller krav til at styringsgruppa evnar å ta eit fellesansvar for heilskapen i omstillingsarbeidet. 4 Fylkesrådmannen står for all kommunikasjon mellom det politiske nivået og omstillingsprosjektet, slik han er ansvarleg for kommunikasjonen mellom lineorganisasjonen og politisk nivå. Arbeidsdokumenta til behandling i finansutvalet vil utgjere eit sentralt bindeledd i omstillingsarbeidet framover. 5

135 I arbeidet med framlegg til mandat og samansetting for delprosjekta, nyttar prosjektleiar ei ressursgruppe av rådgjevarar frå fagfelta juss, personal, informasjon, økonomi, organisasjon m.fl. Gruppa er ei fagleg beredskapsgruppe for avklaringar undervegs i prosjektarbeidet, og kan på lik line med andre kompetansemiljø trekkjast inn i delprosjekt. Gruppa kan òg få oppgåver knytt til kvalitetssikring. Planlegging vs. gjennomføring Vi skil generelt mellom planleggingsprosjekt (delutgreiingar som arbeider for å fram fakta og best muleg avgjerdsgrunnlag) og gjennomføringsprosjekt (gjennomføring av vedtekne tiltak). Planleggingsprosjektdelen treng ikkje ha ansvar for gjennomføring av konkrete tiltak, då ein her må finne føremålstenlege arbeidsdelingar mellom omstillingsprosjektet og lineorganisasjonen. Prosjektleiar er ansvarleg for framdrift og at aktivitetane samsvarer med gjeldande prosjektplan. Han har det operative ansvaret og legg til rette for realisering av avgjerder i styringsgruppa. Prosjektleiar sikrar at det vert utarbeidd planar med definering av mål, skildring av hovudaktivitetar, fastsetting av avgjerdspunkt og risikoanalysar. Delprosjekt og utgreiingar kan få ein eigen delprosjektleiar som rapporterer til prosjektleiar. Ressursgruppe Juss Personal Økonomi Informasjon Organisasjon Anna kompetanse Styringsgruppe (leiargruppa) Prosjektadministrasjon (prosjektleiar/ prosjektsekretær) Delprosjekt I Delprosjekt II Delprosjekt III Delprosjekt IV Delprosjekt V Ressursar i lineorg. Ressursar i lineorg. Ressursar i lineorg. Ressursar i lineorg. Ressursar i lineorg. Figur 2. Organisering av det administrative omstillingsprosjektet i Sogn og Fjordane fylkeskommune. 3.2 Kommunikasjonsstrategi Omstillingsprosessen set store krav til god kommunikasjon og informasjon. Fylkesrådmannen meiner det er behov for å heve den samla strategiske informasjons- og kommunikasjonskompetansen i organisasjonen. I samband med omstillingsarbeidet jobbar vi strategisk med kommunikasjon som eit verktøy for å nå prosjektet sine mål. Det bør vere eit førande prinsipp at all informasjon følgjer lina. Leiarane har eit særskilt ansvar for kommunikasjon og haldningsarbeid i prosessen. Medverknad og intern informasjon skal vektleggjast. Det er difor viktig å sikre god prosessdialog og faste kontaktpunkt mot fylkes- og lokaltillitsvalde, hovudsamarbeidsutvalet (HSU), verneomboda og lokale arbeidsmiljøutval. Leiargruppa møtest fast, og set av ein fast bolk til styringsgruppearbeid for omstillingsprosjektet. Informasjon frå gruppa må tilpassast aktørane sitt løpande informasjonsbehov. Interessentmodellen i avsnitt 4.3 skisserer elles nokre sentrale aktørar som bør takast særleg omsyn til i utarbeidinga av ein kommunikasjonsstrategi. 6

136 3.3 Rammer for det administrative omstillingsarbeidet Fylkesrådmannen legg rammer for arbeidet, og vil utvikle desse undervegs. Så langt gjeld følgjande: 1. Omstillingsarbeidet har ei samla tidsramme for perioden Omstillingsprosjektet arbeider i første omgang fram mot FRM si saksførebuing til FT juni Gjennom ei matrisetilnærming skal styringsgruppa i hovudsak nytte organisasjonsinterne ressursar frå lineorganisasjonen i arbeidet med alle nødvendige delutgreiingar 4. Kostnadsrammer ved bruk av ekstern kompetanse er førebels sett til kr. 2 mill. per år. Fylkesrådmannen vurderer denne ressursbruken fortløpande. 5. Omstillingsprosjektet forheld seg elles til budsjetterte omstillingskostnader. Når fylkesrådmannen no trekkjer opp rammer for det administrative omstillingsarbeidet, legg ein til grunn at administrasjonen til ei kvar tid arbeider innanfor gjeldande politiske vedtak og føringar. 3.4 Milepelar og vedtakspunkt Fylkesrådmannen ser følgjande milepelar for budsjett- og økonomiplanprosessane eitt år fram i tid: Prosess Budsjett 2015 Vedtakspunkt Rammer for 2015 i finansutvalet Detaljbudsjett 2015 i hovudutvala sept. 14 Slutthandsaming i Fylkestinget des. 14 Budsjett 2016 Rammer for 2016 i finansutvalet Skisse til naudsynte tiltak i hovudutvala sept. 14 Vedtak i Fylkestinget des.14 Ev. utgreiingar og implement. i 2015 Økonomiplan Prosessvedtak i finansutvalet Hovudutvala utfordra oktober og november 14 Saldering av økonomiplan teknisk i FT des. 14 Økonomiplanarbeid våren 2015 Vedtak i fylkestinget juni 2015 Tabell 1: Milepelar/sentrale vedtakspunkt for perioden til FT juni 2015 Vedlegg 1 i denne prosjektplanen skal i prosjektperioden synleggjere pågåande og aktuelle aktivitetar som skal leie fram mot milepelane i arbeidet. Aktivitetsplanen skal haldast oppdatert, og vil såleis bli fortløpande utfylt og justert i tråd med styringsgruppa sine prioriteringar. 7

137 4. Prosjektorganisering 4.1 Prosjektverktøy og roller Fylkesrådmannen legg ikkje opp til at det skal nyttast eit avansert prosjektverktøy for oppretting av delprosjekt eller for status- og sluttrapportering i prosjektet. Dette skal gjerast så enkelt og oversiktleg som muleg, men der følgjande element alltid er ivaratekne: Delprosjektet sitt oppdrag vert formulert ut i eit eige, punktvis mandat. Kvart delprosjekt har ein leiar og ei delprosjektgruppe og avklarte ressursar til arbeidet. Delprosjekta fastset ein milepelsplan ut frå ein leveringsfrist fastsett av styringsgruppa. Prosjekteigar er prosjektet sin oppdragsgjevar. I det administrative omstillingsarbeidet er dette fylkesrådmannen. Prosjekteigar er leiar av styringsgruppa. Rolla som prosjekteigar inneber: Fastsetjing av mandat, og eit overordna ansvar for prosjektet og resultata ein kjem fram til. Ansvar for prosjektetablering, syte for ressursar og andre føresetnader, overvåke framdrifta gjennom rolla som leiar i styringsgruppa. Delegering av aktuelle fullmakter i arbeidet. Styringsgruppa er ansvarleg for forankring mot lineorganisasjonen. Styringsgruppa godkjenner prosjektet sitt mandat og overordna rammer i samråd med oppdragsgjevar. Alle avgjerder som påverkar omfang, tidsplan eller kostnad skal takast opp her. Styringsgruppa pliktar å engasjere seg i prosjektet, og skal vere tilgjengeleg for prosjektleiarar for diskusjonar og avgjerder undervegs. Prinsipp for prosjektorganiseringa Prosjektarbeidsforma kan arte seg på ulike måtar, alt etter kva for oppgåvetypar prosjektet skal løyse. Prosjektleiarprosessen (PLP) er ein prosjektstyringsmetode utvikla for ulike typar utviklingsprosjekt. Metoden fokuserer på ei klar faseinndeling for framdrifta, tydelege rollebeskrivingar, definerte milepelar og vedtakspunkt samt ei grundig identifisering av kritiske suksessfaktorar som grunnlag for målretta prosjektplanar og rammeverk. I oppbygginga av denne prosjektplanen legg vi prinsippa i PLP-metoden til grunn, sjølv om vi så langt ikkje har valt å bygge opp ein prosjektadministrasjon der heile mangfaldet av roller og organ er med. Fylkesrådmannen vil ved behov utvide prosjektorganisasjonen. Prosjektleiar/delprosjektleiarar er operativt ansvarleg for å styre prosjekt. Prosjektleiar skal: Leie og motivere prosjektdeltakarane mot prosjektet sine mål. Sjå til at prosjektet sine leveransar har rett kvalitet og vert leverte på tid og i samsvar med budsjett. Ta avgjerder innanfor rammene styringsgruppa set og rapportere til styringsgruppa. Føreta internkontroll og følgje opp avvik. Prosjektleiar har saman med sektorleiarar, gjensidig ansvar for å utvikle nødvendig samarbeid og relasjonar mellom prosjektorganisasjonen og den enkelte sektor. Prosjektsekretær samarbeider tett med prosjektleiar og styringsgruppa både i planleggings- og gjennomføringsdelane av prosjektet. Prosjektsekretær utarbeider prosjektplanar og andre strategiske dokument for hovudprosjektet og aktuelle delprosjekt, og kan ev. delta i/leie delprosjekt der det er føremålstenleg. Prosjektdeltakarar vert stilte til rådvelde frå lineorganisasjonen ved avgjerd i styringsgruppa, og skal medverke i delutgreiingar med bakgrunn i sin faglege kompetanse og organisasjonsmessige heimebase. 8

138 4.2 Risikoanalyse og kvalitetssikring Truslar for måloppnåinga i omstillingsarbeidet skal kartleggjast, og ein bør vurdere ulike risikoreduserande tiltak. I risikovurderinga tek vi utgangspunkt i følgjande hovudområde: Strategiske risikofaktorar Økonomiske risikofaktorar Operative risikofaktorar. Merk særleg at førebygging i høve til risikofaktorar vert arbeidd med kontinuerleg gjennom heile omstillingsperioden. Elementa vi var innom i avsnitt 2.3 Prosessdrivarar inngår også i denne fortløpande og kontinuerlege vurderinga. 4.3 Interessentanalyse Interessentanalysen vert nytta for å avdekke kva for interessentar som vert påverka, og som såleis er berørte, av omstillingsarbeidet. Interessentanalysen bør knytast tett opp mot arbeidet som er nemnt i avsnitt 3.2: Ein overordna informasjons- og kommunikasjonsstrategi for omstillingsarbeidet. Brukarar av fylkeskommunale tenester Tilsette i Sogn og Fjordane fylkeskommune Politisk nivå i Sogn og Fjordane fylkeskommune Omstillingsarbeidet Statlege organ og fagetatar Samarbeidspartar i den regionale partnarskapen Kommunane i Sogn og Fjordane Figur 3. Seks sentrale interessentar knytte til omstillingsarbeidet (døme på interessentkartlegging). Interessentar er personar eller grupper som blir positivt eller negativt berørte av prosjektet, eller dei kan sjølve påverke utviklinga i arbeidet. Interessentane kan ha ulike behov, forventningar og ønske til prosjektet, og det er vanleg å rangere interessentane for å kunne setje størst ressursar inn i kommunikasjon og samhandling med dei «viktigaste» partane. Dette vert det arbeidd vidare med for å utvikle ein best muleg kommunikasjons- og informasjonsstrategi i omstillingsarbeidet fram mot

MØTEBOK. Finansutvalet. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato 25.02.2015. Kl. 10.00 11.00

MØTEBOK. Finansutvalet. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato 25.02.2015. Kl. 10.00 11.00 MØTEBOK Organ Møtestad Finansutvalet Fylkeshuset - møterom Sygna Møtedato 25.02.2015 Kl. 10.00 11.00 Faste medlemer til stades: Forfall til møtet: Varamedlemer til stades: Til stades med møte- og talerett:

Detaljer

Budsjett 2015 og økonomiplan 2015-2019 - sektorbudsjett for opplæring ::: Sett inn innstillingen under denne linja

Budsjett 2015 og økonomiplan 2015-2019 - sektorbudsjett for opplæring ::: Sett inn innstillingen under denne linja Side 1 av 14 Saksframlegg Saksbehandlar: Ingeborg Lie Fredheim, Opplæringsavdelinga Sak nr.: 14/882-11 Budsjett 2015 og økonomiplan 2015-2019 - sektorbudsjett for opplæring ::: Sett inn innstillingen under

Detaljer

Oversyn over økonomiplanperioden 2011 2014

Oversyn over økonomiplanperioden 2011 2014 - perla ved Sognefjorden - Oversyn over økonomiplanperioden 2011 2014 Arbeidsgrunnlag 06.10.10 Rådmannen Oversyn over økonomiplanperioden Rådmannen sitt arbeidsgrunnlag 06.10.10 Rekneskap Budsj(end) Budsjett

Detaljer

FINANSFORVALTNINGA I 2012

FINANSFORVALTNINGA I 2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-24 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 20.02.2013-21.02.2013 12.03.2013-13.03.2013 FINANSFORVALTNINGA

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg MØTEPROTOKOLL Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: rådhuset Møtedato: 19.05.2010 Kl: 12.30 15.30 Medlemar: Forfall: Varamedlemar: Frå adm. (evt. andre): Anne Margrethe Kråvik (KrF), leiar, Leif Grinde

Detaljer

FINANSFORVALTNINGA I 2011

FINANSFORVALTNINGA I 2011 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-13 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 22.02.2012-23.02.2012 13.03.2012-14.03.2012 FINANSFORVALTNINGA

Detaljer

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-21 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 26.09.2012-27.09.2012 16.10.2012-17.10.2012 FINANSRAPPORT 2.

Detaljer

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013-2024

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013-2024 Saksprotokoll Organ: Møtedato: 28.05.2013 Hovudutval for opplæring Sak nr.: 12/752-129 Internt l.nr. 18035/13 Sak: 7/13 Tittel: Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013-2024 Behandling:

Detaljer

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014. Sakshandsamar, innvalstelefon Håvard Rød, 5557 2143 Vår dato 04.03.2015 Dykkar dato 07.01.2015 Vår referanse 2015/285 331.1 Dykkar referanse Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund KVAM HERAD - BUDSJETT

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. I starten av møtet vil Magnus Snøtun presentere sluttrapport på Småkraftprosjektet.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. I starten av møtet vil Magnus Snøtun presentere sluttrapport på Småkraftprosjektet. MØTEINNKALLING Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 25.11.2010 Tid: 12.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf. 57 68 55 00

Detaljer

Budsjett 2014. Økonomiplan 2014-2017. Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013

Budsjett 2014. Økonomiplan 2014-2017. Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013 Budsjett 2014 Økonomiplan 2014-2017 Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013 Innleiing Fylkesrådmannen la fram Budsjettgrunnlaget for 2014 og økonomiplan for perioden 2014 2017 den 10. oktober 2013.

Detaljer

Oversyn over økonomiplanperioden 2012 2014. Arbeidsgrunnlag av 12.10.2011 med endringar av 26.10.11

Oversyn over økonomiplanperioden 2012 2014. Arbeidsgrunnlag av 12.10.2011 med endringar av 26.10.11 Oversyn over økonomiplanperioden 2012 2014 Arbeidsgrunnlag av 12.10.2011 med endringar av 26.10.11 Rådmannen 15.11.2011 Rådmannen sitt arbeidsgrunnlag av 12.10.2011 med endringar av 29.10.11 Økonomiplan

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jan Kåre Norberg Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 09/2798

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jan Kåre Norberg Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 09/2798 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Jan Kåre Norberg Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 09/2798 Rekneskapsrapport pr 2.tertial 2009/budsjettendringar Rådmannen si tilråding: 1. Kommunestyret har ingen merknader til framlagt

Detaljer

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-27 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 24.05.2013 11.06.2013-12.06.2013 FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL

Detaljer

Budsjett 2013. Økonomiplan 2013-2016. Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2012

Budsjett 2013. Økonomiplan 2013-2016. Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2012 Budsjett 2013 Økonomiplan 2013-2016 Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2012 Innleiing Fylkesrådmannen la fram Budsjettgrunnlaget for 2013 og økonomiplan for perioden 2013 2016 den 5. oktober 2012. Statsbudsjettet

Detaljer

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG Møtestad: rådhuset Møtedato: 01.04.2009 Tid: 15.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 4/09 09/254

Detaljer

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013-2024

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013-2024 Saksprotokoll Organ: Fylkestinget Møtedato: 11.06.2013 Sak nr.: 12/752-133 Internt l.nr. 20501/13 Sak: 26/13 Tittel: Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013-2024 Behandling: Frå

Detaljer

FINANSRAPPORT PR. AUGUST 2010

FINANSRAPPORT PR. AUGUST 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-1 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 29.09.2010-30.09.2010 12.10.2010-13.10.2010 FINANSRAPPORT PR.

Detaljer

Kopi til: Arkivnr.: 812. Nytt fylkesvegnett - styrings- og rapporteringssystem mellom partane Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen Region vest

Kopi til: Arkivnr.: 812. Nytt fylkesvegnett - styrings- og rapporteringssystem mellom partane Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen Region vest HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen NOTAT Til: Fylkesutvalet Samferdselsutvalet Dato: 03. februar 2010 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 200907758-4/OYVSTO Kopi til: Arkivnr.: 812 Nytt fylkesvegnett -

Detaljer

Følgjande tabell viser fylkesrådmannen si rapportering på forvaltninga av ledig likviditet og andre midlar berekna for driftsføremål:

Følgjande tabell viser fylkesrådmannen si rapportering på forvaltninga av ledig likviditet og andre midlar berekna for driftsføremål: Side 1 av 5 VEDLEGG 3 Rapportering på finansporteføljen per. 31.august 2014 Gjeldande finansreglement seier at fylkesrådmannen 3 gonger i året legg fram for fylkestinget rapport for finansforvaltninga.

Detaljer

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten. Saksframlegg Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkivsaksnr.: 14/231-17 Arkiv: 2. tertialrapport 214 Formannskapet si tilråding: 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten. 2. Kommunestyret

Detaljer

Sakliste: Saknr. Sak 01/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Sakliste: Saknr. Sak 01/13 Godkjenning av innkalling og sakliste Sttorrd kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 04.02.13 Kl.: 12.00 14.15 Stad: Formannskapsalen Saknr.: 01/13 11/13 MØTELEIAR Wilhelm Engelsen (Ap) DESSE MØTTE Jens Arne Stautland (Krf) Kristin Ankervold

Detaljer

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune Kontrollutvalet i Sogndal kommune Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune Sakshandsamar Møtedato Saknr Richard Nesheim 13.4.2015 9/2015 KONTROLLUTVALSSEKRETARIATET

Detaljer

Budsjett 2012/Økonomiplan 2012-15; Arbeidsdokument 3/11.

Budsjett 2012/Økonomiplan 2012-15; Arbeidsdokument 3/11. Fylkesrådmannen Sakshandsamar: Eli Nes Killingrød E-post: eli.nes.killingrod@sfj.no Tlf: 57 65 62 81 Vår ref. Sak nr.: 11/1456-5 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 16189/11 Dykkar ref. Dato

Detaljer

MØTE I REPRESENTANTSKAPET - SOGN BRANN OG REDNING IKS

MØTE I REPRESENTANTSKAPET - SOGN BRANN OG REDNING IKS PROTOKOLL MØTE I REPRESENTANTSKAPET - SOGN BRANN OG REDNING IKS DATO; Fredag 31.oktober 2014 kl. 13.45 STAD; Statens hus på Leikanger. TIL STADES FRÅ REPRESENTANTSKAPET; Olav Lunden, leiar Marit Mellingen

Detaljer

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 18.12. 2007.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 18.12. 2007. Sakshandsamar, innvalstelefon Håvard Rød, 55 57 21 43 Vår dato Dykkar dato 29.01.2008 Vår referanse 2008/1396 331.1 Dykkar referanse Kvam herad Grovagjelet 16 5600 Norheimsund KVAM HERAD - BUDSJETT OG

Detaljer

Nettobudsjett. Programområde

Nettobudsjett. Programområde Programområde Nettobudsjett 2013 Nettobudsjett 2014 Nettobudsjett 2015 Nettobudsjett 2016 400 Politisk styring 4000 Utgifter til Fylkesting, utval og ordførar 12,013 4003 Partistønad 4,200 4004 Diverse

Detaljer

Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda.

Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda. Pressemelding HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Informasjonstenesta 5020 Bergen Telefon55 23 99 42 Telefaks55 23 99 49 Voss 10. juni 2008 Hordaland fylkesting sitt møte på Voss 10. juni 2008: Byggjer

Detaljer

12.11.2012 Fylkesutvalet. 27.11.2012 Fylkestinget 11.12.2012

12.11.2012 Fylkesutvalet. 27.11.2012 Fylkestinget 11.12.2012 Korrigert saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 07.11.2012 65328/2012 Gunn Randi Seime Saksnr Utval Møtedato U-155/12 Hovudutvala 12.11.2012 Fylkesutvalet 27.11.2012 Fylkestinget 11.12.2012

Detaljer

Fylkesmannen har løyvd kr 1 040 000 av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Fylkesmannen har løyvd kr 1 040 000 av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar. Sogn regionråd FELLES UTGREIING OM KOMMUNEREFORMA - STATUS Kommunane i Sogn regionråd gjennomfører ei felles utgreiing som skal gje kommunane eit grunnlag for å ta stilling til ev. kommunesamanslåing med

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI MØTEINNKALLING Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 25.09.2008 Tid: 16.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK

Detaljer

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Sognekraft, Vik Møtedato: 28.02.2014 Tid: 09:30-13:45. A.

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Sognekraft, Vik Møtedato: 28.02.2014 Tid: 09:30-13:45. A. Sogn regionråd Postboks 153 6851 SOGNDAL Møteprotokoll Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Sognekraft, Vik Møtedato: 28.02.2014 Tid: 09:3013:45 A. Desse møtte Faste medlemmar Noralv Distad, ordførar Aurland

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968 Kommunale utleigebustader - Status Gaupne og bygging Indre Hafslo og Veitastrond. Rådmannen si tilråding: 1)Kommunestyret har ikkje

Detaljer

FYLKESVEGPLANEN 2006-2015

FYLKESVEGPLANEN 2006-2015 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200506709-20 Arkivnr. 812.T07 Saksh. Aarethun, Thorbjørn Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 15.02.2006 22.02.2006-23.02.2006

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32 Kjøp av husvære Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: Behov for kommunale husvære for vidare utleige SAKSOPPLYSNINGAR Behov Kommunstyret

Detaljer

FLORA KOMMUNE KJØP AV FLORØ SJUKEHUS

FLORA KOMMUNE KJØP AV FLORØ SJUKEHUS FLORA KOMMUNE Saksgang Møtedato Saksnr Bystyret 02.10.2012 Sakshandsamar: Terje Heggheim Arkiv: K1-614, K3-&50 Objekt: Arkivsaknr 09/1411 KJØP AV FLORØ SJUKEHUS Kva saka gjeld: Flora kommune må ta stilling

Detaljer

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak 201011409-3 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 23.02.2011-24.02.2011

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jan Kåre Norberg Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 09/1968

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jan Kåre Norberg Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 09/1968 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Jan Kåre Norberg Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 09/1968 Luster kommune - budsjett 2010, økonomiplan 2010-13 og planleggingsprogram 2010-13 Rådmannen si tilråding: 1. Kommunestyret

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Arbeidsmiljøutvalet

MØTEPROTOKOLL. Arbeidsmiljøutvalet MØTEPROTOKOLL Arbeidsmiljøutvalet Møtestad: rådhuset Møtedato: 16.06.2010 Kl: 09.00 10.45 Medlemar: Forfall: Varamedlemar: Frå adm. (evt. andre): Dato for innkalling: 09.06.10 Merknader: Saker som vart

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kjell Sverre Snøtun Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 14/1778

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kjell Sverre Snøtun Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 14/1778 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Kjell Sverre Snøtun Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 14/1778 Budsjett 2015, økonomiplan 2015-18, planleggingsprogram 2015-18. Rådmannen si tilråding: 1)Kommunestyret godkjenner årsbudsjett

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: Samarbeidsavtale om felles barnevernteneste

Detaljer

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune Kontrollutvalet i Leikanger kommune Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune Sakshandsamar Møtedato Saknr Bente Hauge 20.05.2015 8/2015 KONTROLLUTVALSSEKRETARIATET

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum. SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Inger Moe Arkivsaksnr.: 08/361 Arkiv: 143 K21 Miljøplan for Luster Kommune Rådmannen si tilråding: Luster kommunestyre vedtek miljøplan (plan for energi, klima og ureining)

Detaljer

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek. Bygland kommune Arkiv: 151 Saksmappe: 2014/680 Sakshandsamar: Frantz Are Nilsen Dato: 05.11.2014 Saksframlegg Utv.saksnr Utvalg Møtedato 33/14 Vilt- og fiskenemnd 11.11.2014 17/14 Rådet for eldre og funksjonshemma

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1 Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing TILRÅDING: Saka blir lagt fram utan tilråding frå administrasjonen.

Detaljer

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste Sttorrd kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 10.9.2013 Kl.: 12.00 13.15 Stad: Formannskapsalen Saknr.: 29/13 35/13 MØTELEIAR Johan Inge Særsten (Frp) DESSE MØTTE Jens Arne Stautland (Krf) Peggy

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1 OS KOMMUNE Utval: OS ELDRERÅD Møtestad: Luranetunet - merk staden! Møtedato: 13.09.2004 Tid: 14.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I

Detaljer

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar Kommunane Kommunane v/leiar i ungdomsråd Kommunane v/ungdomsarbeidar/kulturarbeidar Sakshandsamar: Bente Sønsthagen E-post: Bente.Sonsthagen@sfj.no Tlf: 57 65 61 53 Vår ref. Sak nr.: 10/538-1 Gje alltid

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

Musea i Sogn og Fjordane Styremøte

Musea i Sogn og Fjordane Styremøte Musea i Sogn og Fjordane Styremøte Dato: Tysdag 23.04.2013 Tid: Kl. 11:00 Stad: De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, Kaupanger MØTEBOK Frå styret møtte: Frå adm. møtte: Referent:, Laura Kvamme,

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE OS KOMMUNE Organisasjonseining Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Os Sjukeheim, gamal del Møtedato: 30.05.2006 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD

Detaljer

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Ansvarleg sakshandsamar sign. for utført handling: Saka er godkjend av fylkesrådmannen: Dokumentoversyn: Tal prenta vedlegg: * Tal uprenta vedlegg: * Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Fylkesrådmannen

Detaljer

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: 09.12.2013 Kl.: 12.00 14.45 Stad: Formannskapsalen Saknr.: 36/13 43/13

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: 09.12.2013 Kl.: 12.00 14.45 Stad: Formannskapsalen Saknr.: 36/13 43/13 Sttorrd kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 09.12.2013 Kl.: 12.00 14.45 Stad: Formannskapsalen Saknr.: 36/13 43/13 MØTELEIAR Johan Inge Særsten (Frp) DESSE MØTTE Wilhelm Engelsen (Ap) Jens Arne

Detaljer

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post Kvinnheerrad kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 11.09.12 Kl.: 09.30 14.00 Stad: Møterom Samfunnskroken Saknr.: 28/12 35/12 MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H) DESSE MØTTE Frøydis Fjellhaugen (Ap) Sigmund

Detaljer

Fylkestinget tek årsrapporteringane for 2014 på konsesjonskraft- og finansporteføljen til orientering.

Fylkestinget tek årsrapporteringane for 2014 på konsesjonskraft- og finansporteføljen til orientering. Side 1 av 6 Saksframlegg Saksbehandlar: Daniel Gåsemyr Fluge, Fylkesrådmannen Sak nr.: 15/2355-1 Årsrapport 2014 - konsesjonskraft og finansportefølje Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding:

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Utval for plan og utvikling. Sigrun Dale, leiar Ken Heine Bakke Renate Rendedal Siv Midtbø Lidal Siren Ese

MØTEPROTOKOLL. Utval for plan og utvikling. Sigrun Dale, leiar Ken Heine Bakke Renate Rendedal Siv Midtbø Lidal Siren Ese MØTEPROTOKOLL Utval for plan og utvikling Møtestad: Rådhuset Møtedato: 17.04.2012 Kl: 12.30 14.20 Medlemmer: Forfall: Varamedlemmer: Frå adm. (evt. andre): Sigrun Dale, leiar Ken Heine Bakke Renate Rendedal

Detaljer

Budsjett 2011. Rådmannen sitt framlegg

Budsjett 2011. Rådmannen sitt framlegg Budsjett 2011 Rådmannen sitt framlegg Utgangspunktet - stoda Korrigerte brutto driftsutgifter i kroner per innbyggar 2006 2007 2008 2009 Lærdal 58 033 64 257 71 297 79 632 KG 03 56 145 59 658 64 485 69

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0216/04 03/01610 PROFILERINGSPROSJEKTET I OS KOMMUNE

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0216/04 03/01610 PROFILERINGSPROSJEKTET I OS KOMMUNE OS KOMMUNE Os kommune Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 22.og 23.11.2004 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0216/04 03/01610 PROFILERINGSPROSJEKTET

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 18.05.2016 35308/2016 Åge Ødegård Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015

Detaljer

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00 MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf.

Detaljer

Postboks 153-6851 SOGNDAL - Tlf: 57 62 96 14 www.sogn.regionraad.no MØTEPROTOKOLL

Postboks 153-6851 SOGNDAL - Tlf: 57 62 96 14 www.sogn.regionraad.no MØTEPROTOKOLL Sogn regionråd Postboks 153-6851 SOGNDAL - Tlf: 57 62 96 14 www.sogn.regionraad.no MØTEPROTOKOLL Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Gaupne, Rådhuset Møtedato: 28.03.2008 Tid: 09:30-11:40 Faste medlemmar:

Detaljer

Møtedato: 24.09.2014 Møtetid: Kl. 13:00 15.30. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Møtedato: 24.09.2014 Møtetid: Kl. 13:00 15.30. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti Kontrollutvalet i Lærdal kommune Møtedato: 24.09.2014 Møtetid: Kl. 13:00 15.30. Møtestad: Rådhuset Saksnr.: 14/14 17/14 Møtebok Følgjande medlem møtte Olav Grøttebø Siv Rysjedal Guri Olsen Kari Blåflat

Detaljer

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Førde HF Dato: 13.05.2014 Sakhandsamar: Saka gjeld: Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta Arkivsak

Detaljer

Telemark fylkeskommune

Telemark fylkeskommune Vår ref. 13/111-2 033 /BOSL Medlemmar og varamedlemmar Dato 15.02.2013 Telemark fylkeskommune - Det vert med dette kalla inn til møte i : Dato: 27.02.2013 MERK DATO! Tid: 10:00-15:00 Stad: Fylkeshuset

Detaljer

Postboks 153-6851 SOGNDAL - Tlf: 57 62 96 14 MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar: Medlemmar med tale- og framleggsrett:

Postboks 153-6851 SOGNDAL - Tlf: 57 62 96 14 MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar: Medlemmar med tale- og framleggsrett: Sogn Regionråd Postboks 153-6851 SOGNDAL - Tlf: 57 62 96 14 MØTEPROTOKOLL Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Dei Heibergske Samlingar Sogn Folkemuseum Møtedato: 31.08.2007 Tid: 09:30-14:00 Desse møtte: Olav

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2014/2350-21542/2014 Sakshandsamar: Grethe Bergsvik Dato: 09.10.2014 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Drøftingssak - Eigarskapsmelding 2015 Samandrag

Detaljer

JØLSTER KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT

JØLSTER KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT JØLSTER KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 02.12.2008 Møtetid: Kl. 13:00 16:07 Møtestad: Kommunehuset Saksnr.: 055/08-064/08 Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte

Detaljer

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte Kontrollutvalet i Møtebok Møtedato: 2.12.2015 Møtetid: 13.00 16.00 Møtestad: Rådhuset møterom 2. etasje Saksnr.: 18/15-22/15 Følgjande medlemer møtte Jarle Offerdal Guri Olsen Astrid Grøndal Trulssen Vidar

Detaljer

Spesialrevisor Rådgivar

Spesialrevisor Rådgivar Møteprotokoll Utval: Kontrollutvalet Møtestad: Muritunet, Valldal Dato: 15.02.2012 Tid: 10:30 Protokoll nr: 1/12 Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Knut Anders Oskarson Leiar H Ann Kristin

Detaljer

Finansiering av søknaden

Finansiering av søknaden Hei, Dei føreslegne endringane er i orden for oss. Mvh Bjarte Lofnes Hauge Den 3. jun. 2016 kl. 11.02 skrev Guro Høyvik : Hei igjen, og takk for nye vedlegg. Eg har gått gjennom den

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 08/768-1

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 08/768-1 SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 08/768-1 Kraftfondet - alternativ plassering TILRÅDING: Kommunestyret vedtek å la kapitalen til kraftfondet stå i ro inntil vidare

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 14/1952-32

Saksframlegg. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 14/1952-32 Saksframlegg Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 14/1952-32 Økonomiplan 2015-2018 og årsbudsjett 2015 Tilrådingar: Tilråding, med 8 røyster (4 Ap, Sp, Sv, KrF, V): 1. Kommunestyret godkjenner

Detaljer

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kiwi-bygget (gamle 1881) 2. etg. Lærdal Møtedato: 21.06.2013 Tid: kl 0930-1230

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kiwi-bygget (gamle 1881) 2. etg. Lærdal Møtedato: 21.06.2013 Tid: kl 0930-1230 Sogn regionråd Postboks 153-6851 SOGNDAL Møteprotokoll Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kiwi-bygget (gamle 1881) 2. etg. Lærdal Møtedato: 21.06.2013 Tid: kl 0930-1230 A. Desse møtte Faste medlemmar Noralv

Detaljer

Statsbudsjettet 2010. Møte med stortingsbenken 09.11.09

Statsbudsjettet 2010. Møte med stortingsbenken 09.11.09 Statsbudsjettet 2010 Møte med stortingsbenken 09.11.09 Nytt inntektssystem Nye kostnadsnøklar frå 2011 Vert lagt fram i kommuneproposisjonen mai 2011 Bygger på Borge-utvalet med nokre tilleggsutgreiingar

Detaljer

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Hovudutval for plan og næring Side 1 av 5 Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen vil ikkje engasjere

Detaljer

Kommunen er under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Kommunen er under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60. Sakshandsamar, innvalstelefon Håvard Rød, 5557 2143 Vår dato 11.04.2014 Dykkar dato 31.01.2014 Vår referanse 2013/16208 331.1 Dykkar referanse 14/399 Meland kommune, Postboks 79, 5906 Frekhaug MELAND KOMMUNE

Detaljer

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING SAK 32/12 LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING Saksopplysning (i grove trekk brev dat. 13.8.2012) I vedlagt brev dat. 13.8.2012 (vedlegg 1) frå prosjektgruppa for Prosjekt lokalmedisinske

Detaljer

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60. Sakshandsamar, innvalstelefon Edvard Høgestøl, 55 57 20 45 Vår dato 31.03.2014 Dykkar dato 10.01.2014 Vår referanse 2014/539 331.1 Dykkar referanse 13/1038 Bømlo kommune Kommunehuset 5430 Bremnes Bømlo

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 11.03.2015 Tid: 09.00

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 11.03.2015 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 11.03.2015 Tid: 09.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 1/15 15/194 Periodevis

Detaljer

Budsjett 2013/økonomiplan 2013-2016 for opplæringssektoren utfordringar og satsingar

Budsjett 2013/økonomiplan 2013-2016 for opplæringssektoren utfordringar og satsingar Side 1av 10 Saksbehandlar: Ingeborg Lie Fredheim Avdeling: Opplæringsavdelinga Sak nr.: 12/4443-1 Budsjett 2013/økonomiplan 2013-2016 for opplæringssektoren utfordringar og satsingar Fylkesdirektøren rår

Detaljer

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: 19.11.12 Kl.: 10.00 14.00 Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 36/12 42/12. MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H)

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: 19.11.12 Kl.: 10.00 14.00 Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 36/12 42/12. MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H) Kviinnheerrad kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 19.11.12 Kl.: 10.00 14.00 Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 36/12 42/12 MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H) DESSE MØTTE Frøydis Fjellhaugen (Ap) Are Traavik

Detaljer

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013. Sakshandsamar, innvalstelefon Håvard Rød, 5557 2143 Vår dato 03.04.2014 Dykkar dato 07.03.2014 Vår referanse 2014/3228 331.1 Dykkar referanse Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume FJELL KOMMUNE - BUDSJETT

Detaljer

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen» Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen» - Og skisser til mogeleg opprusting Status Bygget er eit eldre bygg bygd midt på 1960-talet. Bygget framstår i hovudtrekk slik det var bygd. Det er gjort nokre endringar

Detaljer

Styresak. Framlegg til vedtak: Føretak: Helse Førde HF Dato: 23.06.2010. Saka gjeld: Søknad om ekstraløyving til investeringar i 2010-2011

Styresak. Framlegg til vedtak: Føretak: Helse Førde HF Dato: 23.06.2010. Saka gjeld: Søknad om ekstraløyving til investeringar i 2010-2011 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Førde HF Dato: 23.06.2010 Sakshandsamar: Jon Bolstad Saka gjeld: Søknad om ekstraløyving til investeringar i 2010-2011 Arkivsak 2009/2936 Styresak 042/10

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Utval Formannskapet og næringsutvalet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 15.10.2014. Start kl.: 09.00 Slutt kl.: 15.30

MØTEPROTOKOLL. Utval Formannskapet og næringsutvalet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 15.10.2014. Start kl.: 09.00 Slutt kl.: 15.30 MØTEPROTOKOLL Utval Formannskapet og næringsutvalet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 15.10.2014 Start kl.: 09.00 Slutt kl.: 15.30 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Ivar

Detaljer

MASFJORDEN KOMMUNE. Vedtaksprotokoll for Formannskapet

MASFJORDEN KOMMUNE. Vedtaksprotokoll for Formannskapet Vedtaksprotokoll Masfjorden formannskap Møte nr 7, den 22.10.2013 Side 1 av 14 MASFJORDEN KOMMUNE Vedtaksprotokoll for Formannskapet Den 22.10.2013 kl 114.30 ca. 18.00, heldt Formannskapet møte på Kommunehuset.

Detaljer

Innkalling av Kraftfondsstyret

Innkalling av Kraftfondsstyret Masfjorden kommune Innkalling av Kraftfondsstyret Møtedato: 02.12.2014 Møtestad: Matre Møtetid: 15:00 Eventuelle forfall må meldast til Aina Isdal Haugland per tlf. 56166222, sms til 90717615 eller per

Detaljer

Budsjett 2011, økonomiplan 2011-14 og planleggingsprogram 2011-14

Budsjett 2011, økonomiplan 2011-14 og planleggingsprogram 2011-14 Budsjett 2011, økonomiplan 2011-14 og planleggingsprogram 2011-14 Rådmannen si tilråding: 1. Kommunestyret vedtek rådmannen sitt framlegg til driftsbudsjett for 2011 av 28.10.2010 med slike endringar og

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding: Saksframlegg Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1 Retningslinjer for uønska deltid * Tilråding: Administrasjonsutvalet vedtek retningslinjer for å handsame uønska deltid, dagsett.11.02.2010.

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 18/08 08/60 KOMMUNAL GARANTI FOR LÅN - SØRE ØYANE NATURBARNEHAGE

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 18/08 08/60 KOMMUNAL GARANTI FOR LÅN - SØRE ØYANE NATURBARNEHAGE OS KOMMUNE Organisasjonseining Utval: OS KOMMUNESTYRE Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 12.02.2008 Tid: 17.00 MØTEINNKALLING Forfall: Ingrid Netland (Sp) Sigurd Laugen (Tvs) Eirik Neverdal (Tvs) Haldor

Detaljer

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank. MODALEN KOMMUNE Rådmannen Rådmannen er den øvste administrative leiaren i kommunen og skal førebu saker og sette i verk det som politikarane bestemmer. Alle saker og dokument som vert lagt fram til politisk

Detaljer

Forslag frå fylkesrådmannen

Forslag frå fylkesrådmannen TELEMARK FYLKESKOMMUNE Hovudutval for kultur Forslag frå fylkesrådmannen 1. Telemark fylkeskommune, hovudutval for kultur gir Norsk Industriarbeidarmuseum og Vest Telemark Museum ei samla tilsegn om kr

Detaljer

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering Sogn Lokalmedisinske senter Status organisering prosess etablering Oppstart fase 2 jan 2013 Nokre rammer Kommunane yte best mulege tenester til innbyggarane våre Folkemengd og folkestruktur avgjerande

Detaljer

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane Frå 1. juli i år vert det innført eit nytt regelverk for regionalstøtte i EØS-området, noko som krev

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 MØTEPROTOKOLL Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene

Detaljer

Saksprotokoll. Budsjett 2015 / Økonomiplan 2015-18 - Prioritering av oppgåver på samferdslesektoren

Saksprotokoll. Budsjett 2015 / Økonomiplan 2015-18 - Prioritering av oppgåver på samferdslesektoren Saksprotokoll Organ: Møtedato: 27.05.2014 Hovudutval for samferdsle Sak nr.: 14/2474-5 Internt l.nr. 16897/14 Sak: 29/14 Tittel: Budsjett 2015 / Økonomiplan 2015-18 - Prioritering av oppgåver på samferdslesektoren

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Andrea Fivelstad Arkivsak: 2014/558 Løpenr.: 9934/2014. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap Ørsta kommunestyre

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Andrea Fivelstad Arkivsak: 2014/558 Løpenr.: 9934/2014. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap Ørsta kommunestyre ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Andrea Fivelstad Arkivsak: 2014/558 Løpenr.: 9934/2014 Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap Ørsta kommunestyre Saka gjeld: ENDRINGAR DRIFTSBUDSJETT OG

Detaljer

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014. Sakshandsamar, innvalstelefon Håvard Rød, 5557 2143 Vår dato 11.02.2015 Dykkar dato 06.02.2015 Vår referanse 2015/1128 331.1 Dykkar referanse Voss kommune, Postboks 145, 5701 Voss VOSS KOMMUNE - BUDSJETT

Detaljer