Diktarsti i Botnane, med dikt av Jan-Magnus Bruheim. Idéskisse frå Magni Øvrebotten, oppdatert per

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Diktarsti i Botnane, med dikt av Jan-Magnus Bruheim. Idéskisse frå Magni Øvrebotten, oppdatert per 13.11.15."

Transkript

1 BOTNANE Foto: Are Fjellestad Diktarsti i Botnane, med dikt av Jan-Magnus Bruheim. Idéskisse frå Magni Øvrebotten, oppdatert per Inspirert av Diktarstigen i Skjåk ser eg føre meg ein diktarsti i Botnane, med dikt av Jan- Magnus Bruheim, plasserte nærast råd dei konkrete plassane som inspirerte han til å skrive dikta. Eg synst det er naturleg at det står noko synleg att etter 100-årsjubileet for Bruheim (2014) også i Botnane. Eg har innhenta løyve frå Torunn Bruheim Haugen, som sit med rettane til dikta, og frå dei grunneigarane som eig der skilta skal stå. Alle er positive. Bruheim-nemnda løyvde i februar 2015 kr til føremålet, og årsmøte i Botnane og Årebrot grendalag vedtok i mars å løyve kr Dette er det vi har av pengar førebel. Vi treng kroner når alt er rekna med, også stativ og montering. Eg ser føre meg eit spleiselag mellom private, kommunar, lag- og organisasjonar. Målet er å opne diktarstien i august Vil du vere med på innsamlinga kan du betale til kontonr Merk innbetalinga Diktarsti. Takksemda går begge vegar Fyrst tenkte eg berre å ha diktet "Huset som talar" på det gamle skulehuset, og diktet "Tri grannar" på gravplassen. I tillegg til ein kort presentasjon av Jan-Magnus Bruheim og tida hans i Botnane. Dette for å ha eit synleg minne om han i bygda. Dette kan framleis vere ei minimumsløysing. 1

2 No er alle som opplevde han i Botnane, frå 1978 til 1985, godt vaksne. Men nye generasjonar vart kjende med Bruheim gjennom CD-innspelinga og konserten til Sigrid Moldestad. For mange var det heilt nytt at Bruheim hadde budd her ute i havgapet. 11 av dei 45 bøkene han gav ut kom medan han budd i Botnane, og dei siste dikta han skreiv her er med i den siste diktsamlinga "Årringar" (Aschehoug 1987). Mellom dei "Den annsame", som han las opp då bygda tok avskjed med han 3. november Songen er også med på CD-en til Moldestad. Når eg les dikta og breva hans på nytt ser eg takksemda hans for dei sju åra han fekk i Botnane, og kva dei betydde for både han og diktinga hans. Men eg kjenner også på takksemd den andre vegen, at vi var så heldige at svaret på spørsmålet "Til Roma eller til Botnane?" vart Botnane (stykket står i boka "Tankefuglar i tunet", Noregs Boklag 1980, og heng på veggen i grendahuset i Botnane). Det bør vere lett å oppdage Bruheim i Botnane og då er det dikta hans vi må satse på, særleg dei som er knytte til konkrete plassar. Det er fleire enn skulehuset og gravstaden, (sidetala i parantes syner til Dikt i utval 2014): 1. Gravstaden, med diktet «Tri grannar» (Side 197). Ok frå kyrkjeverje Knut Arne Vadøy i Bremanger. 2. Kaia i Botnane der ferja stoppa før. Jan-Magnus hadde sin daglege tur hit for å sende og hente post, eller han tok ferja til Florø for å handle. Diktet «Still sjø» (Side 210). Ok frå grunneigar Åge Sørbotten. 3. "Øyi mi", Flôtholmen, som fekk diktet «Ved fjøre sjø». Side 189. Her sat han mykje og funderte, og ensa ikkje at sjøen flødde. Det er kort veg frå vegen og ned til denne holmen, og diktet kan stå på ei lita utkøyrsle ved vegen. Ok frå grunneigar Torbjørn Øvrebotten. 4. Grendahuset der han budde. Ser føre meg to dikt her. Det eine om «Huset som talar» (side 251) på framsida, og eit anna ved inngangen bak. Evnt samle alt ved inngangen. Ok frå grunneigar Bremanger kommune v/rådmann Tom Joesen. Foto: Kristian Hosar 5. «Fotefâr i stein» (side 184), ein stein med avtrykk av ein barnefot, ligg i utmarka bak skulehuset. Attmed elva, ein stad kalla «Bokset», der det ein kan ta seg over elva med eit byks. Minst aktuell, minst synleg, om ikkje diktarstien blir del av ei turløype? Ok frå grunneigar Torbjørn Øvrebotten. 2

3 6. Utkjøyrsla ved Flyndrebekken, som no er vekke pga av at området er utfylt. Kan bli ein fin rasteplass med steinbord- og benkjer, og informasjonstavle med kart over diktarstien og annan informasjon om bygda/turstiar. Her kan fleire dikt vere aktuelle. Både «Haustkveld ved havet» (side 198) og barnediktet "Tjelden» (side 259). Ok frå grunneigar Torbjørn Øvrebotten. " Tri grannar " på gravstaden Gravstaden i Botnane vart teken i bruk i 1900 og Jan- Magnus såg på den som bygda si historiebok. I hans tid i Botnane var det mange som kunne fortelje levande om dei som var gravlagde der, og om ulukker og omkomne på sjøen. Botnane er ein stad der havet har teke mange liv. Diktet "Tri grannar" er skrive i 1983, etter gravferda til Ivar Sørbotten. Det skildrar skikken med at grannane grov grava, før gravemaskiner tok over dette arbeidet. På bileta ser du klokketårnet og inngangspartiet til gravstaden. Eg trur høgre veggen i porten, når vi kjem inn, eignar seg best for diktet. TRI GRANNAR Tri grannar står der og grev ei grav. Men teier med det dei tenkjer: Så snøgt kan livstråden slitna av. Det kjennest som noko av grendi er burte med han som tok ut på den siste ror. Alt står her og talar stille i togni um han som fór. Skodda heng låg over lendet. Regn dryp og bårone vaskar. Hausten er kringum, og vinden susar i fallande lauv. Alt er det same i stilt og stridt. No er dei ferdige grannane. Står der ei stund ved den opne gravi. Teiande og med bøygde hovud. Så går kvar heim til sitt Jan-Magnus Bruheim 3

4 FOTO: Are Fjellestad Kaia i Botnane Her venta vi på ferja, såg kven som reiste og kom, sende mjølk og dyr, køyrde bilane på sliskar, høyrde nytt og henta og leverte post. Jan-Magnus Bruheim var der ofte. Han var storkunde for Postverket. Det kom haugevis med pakkar, brev og aviser til han, og han sende mykje post. Når han var på kaia gjekk han ofte langsmed kaikanten og såg ned i sjøen. Kva han såg ser vi att i mellom anna diktet «Still sjø»: STILL SJØ Når sjøen ligg svartblank og spegelstill, kan du sjå nedi djupet dei løynde understraumar går inn og inn. Kjemmer og kjemmer over skogar av grønske og tang og tare. Dei bøygjer seg unna som for ein usynleg vind. Jan-Magnus Bruheim 4

5 Flôtholmen "Øyi mi" Jan-Magnus kalla holmen for «Øyi mi» fordi han sat der mykje og tenkte. Det var før det kom vegsamband til bygda og før det var bygt eit fiskeanlegget like ved. Det er lett å gå ut til Flôtholmen på fjøre sjø, men gløymer du deg vekk flør det og holmen er ikkje landfast lenger. No er han nesten overgrodd av grantre, og det er også ein del tre mellom holmen og vegen. Delar av dette må ryddast om vi set opp skilt med diktet Bruheim gav holmen. Skiltet tenkjer eg meg oppe ved vegen, på ei lita utkøyrsle (sjå bilete over), stor nok til ein bil eller to. Derifrå er det lettast å gå ned til holmen. Vi kan merke ein sti. VED FJØRE SJØ Ved fjøre sjø er denne øyi landfast og du kan nå dei andre um du vil. Du høyrer båreskval. Ei terne flyg med bråkast. I vårblå luft ei lerke bivrar vengjestill. Hit fann du ut. Til stilla etter larmen. Men enno tykkjest all ting berre drøymt. Og båreskvalar enno bryt i barmen. Alt ber du enno med deg. Ingen ting er gløymt. Forheksa sit du her. I draumen bunden, med lengten gnagsår slit i sine band. For seint du varest der du stig or draumen: Ikring har sjøen flødd og du er løyst frå land. Jan-Magnus Bruheim 5

6 Skulehuset der han budde Dette bilete er teke frå utkøyrsla som er aktuell som rasteplass og oppslagstavle om diktarstien og Bruheim. Herifrå ser ein skulehuset godt. I dag er huset grenda- og bustadhus. Leilegheita der Bruheim budde, er pussa opp og leigd ut. Han budde i "lærarbustaden", i ei kombinert stove/skriverom/soverom og eit stort kjøken. Ser føre meg diktet "Huset som talar" på murveggen på framsida av huset, på ei "glasplate" med svart skrift, bolta til muren, men råd å ta av når den skal vølast. Sigrid Moldestad og musikarane hennar spelte i september 2013 inn CD-en "Brevet til kjærleiken" i dei same romma som Bruheim budde i. HUSET SOM TALAR I det forletne skulehuset langt mot vest, der kan du tru det lever mangt! Det knett og knest når lyset gneistrar gjennom natta, stormen riv, regnet skvalar og når ròket driv Når sjøen båreblunkar, ligg der still og glitrar og sjøfugl skrik og småfugl kved og kvitrar og sola skin og milde vindar svalar, då kan du sitje her og høyre huset talar! Om du sit draumestill og lyder vèl, du høyrer at det talar og fortel. Det står og minnest alt som var ein gong, og kallar fram att leik og lått og song. Ein ôm av røyster Lette barnesteg. Dei opnar dører og kjem inn til deg. Du høyrer borna leikar seg og spring. Men når du skal sjå-til, ser du ingen ting. Rart vart det visst her då dei siste fór. Men huset står åleine att og gøymer spor - Tru kvar dei vart av, alle? Dei fór kvar si lei. Lell er det som om noko er att her etter dei. Jan-Magnus Bruheim 6

7 I inngangspartiet til forsamlingssalen i grendahuset (bilete til høgre) er det overbygg og plass til ei informasjonstavle med eitt eller fleire dikt. "Den annsame" (side 217), "Haustkveld ved havet" (side 198) eller "Å høyre til" (side 185) er aktuelle her. Fotefár i stein stein med avtrykk av barnefot Diktet handlar om ein stein som ligg i gangavstand bak skulehuset, på Legene, ved Søre elva. Ein stad som heiter "Bokset", der det er lett å bykse på steinar over elva, om ein skal på tur til dømes på Middagsnova. Om det vert laga turløype dit kan denne steinen vere eit godt merke, men elles vert han kanskje for mykje ute av diktarstien? Bortsett frå til "Øyi mi" kan ein køyre bil til dei andre plassane dikta handlar om. Dei ligg langs etter fylkesvegen. Steinen i Bokset har eit merke som ser ut som avtrykket av ein barnefot, og har fasinert generasjonar av store og små. Jan-Magnus like eins: FOTEFÂR I STEIN Fâr av ein barnefot så klår og rein, står teikna i den harde, gråe stein. Kven kunne tru ein liten barnefot, kan setja merke i det harde grjot? Trylt står du der og ser det vesle spor og undrast: Kva blir att av alt som kom og fór? Der fâret av ein tyngre fot aldri ville te, jamt kan ei mindre tyngd sitt merke setja ned. 7

8 Flyndrebekken rasteplass med informasjonstavle? Dette er ein eigna stad for ein rasteplass. Her stoppar folk, både pga. utsikta utover Pollen og fordi det er plass til å sette frå seg bilar når ein vil gå tur i området. Her hadde det gjort seg med ei tavle over dei merka turstiane i bygda/og litt kunnskap om Botnane. Før var det ein liten dam her, som var turr ved fjøre sjø og full når det flødde. Det var mykje flyndre i han, difor namnet Flyndrebekken. Kanskje berre vi som er oppvaksne på garden som kjenner til det namnet? På dette bilete ser du utsikta over Pollen, frå Flyndrebekken. Som før omtalt er det god utsikt mot skulehuset, frå Flyndrebekken, og det gjer det lett å forklare kvar Bruheim budde. Jan-Magnus gjekk her mykje og såg på fuglar og anna liv i fjæra. I dette området er det framleis mykje sjøfugl, mellom anna tjeld. Difor tenkjer eg at barnediktet «Tjelden» høver her. I det vert det synt til "Floteholmen", ein annan stoppstad på diktarstien: 8

9 TJELDEN Helst ruslar eg utmed sjøen ein stille soleglad-kveld. Der har eg ein ven å vitja. Og venen det er ein tjeld. I svart og kvitt er han fjørkledd der han står still på sin stein. Og skir og raud er han farga både på nebb og bein. Visst er eg vel ven med honom, men ikkje han med meg, for kvar gong eg nærmar meg varsamt, støkk han og flyg sin veg. Spegelbiletet i sjøen blagrar og fylgjer med heilt ut til Floteholmen der han set seg ned. Men eg står på same flekken Kan liksom ikkje gå, for eg står der og tenkjer på noko eg ofte har undrast på: Om alle dei skye og redde visste vi hadde dei kjær, skal tru om dei ville røme så snart som vi kom dei nær? Jan-Magnus Bruheim Eit anna dikt som kom kan høve her er «Haustkveld ved havet», som har fått seg eit ekstra lyft med Sigrid Moldestad sin tone og song på CD-en "Brevet til kjærleiken»: HAUSTKVELD VED HAVET Ei eldraud kveldssol sig i hav og her, i avdagselden kan hjarta gløyme krav og kav og kvile ut i kvelden. Ei furu står i skrinne jord. Det susar lint i baret. Småboror kviskrar løynde ord til bløretang og tare. Dei bårene som går mot land og syng si same salme, dei rullar òg mot framand strand med mandeltre og palme. Det ropar røyster i meg: Kom til andre land og lende! Men kjenner milde hender, som dreg tanken stilt attende. Langt ute høyrest bylgjebrot. Sjøfuglen ber seg ille. med draugen ror sin halve båt mot natt og skymingsstille. 9

10 Skilt og prisar For å få ei aning om kva skilta vil koste fekk eg i fjor haust reklamebyrået A til Å i Florø, til å rekne på det. Sidan det alt er eit år sidan tok eg ny kontakt med dei for å få eit oppjustert overslag. A til Å svara at produksjon av seks skilt av typen "Sildestim" (sjå bilete) med design og produksjon vil koste kr Denne prisen er utan montering. Med materialutgifter og laging av stativ vil den totale budsjettprisen bli på , medrekna moms for seks slike skilt. Den store utfordringa vert å bruke skilttypar som toler ver og vind, og sollys. Kanskje må vi velge ulike materiale, alt etter kvar dei skal settast opp? Dei to/tre skilta som må stå fritt i naturen må anten murast inn i ein mur eller ha eit svært solid reisverk. Elles fyk dei til himmels i fyrste stormen. Tre kan vi feste på vegg, men berre to vil vere under overbygg. Monteringa må gjerast på dugnad. Reklamebyrået A til Å har også laga ein demo (sjå bilete) som syner alternativet "glasplate" som kan festast til vegg (aktuell på gravstaden og skulehuset). Kor mange skilt vi kan sette opp vil avhenge av kor mykje pengar vi klarer å samle saman. Billegaste løysing med skilt i overbygget ved skulehuset og på gravstaden har vi alt pengar til. Men då kan det ikkje kallast ein diktarsti. Det er viktig at plasseringa og utsjånaden på skilta glir fint inn i omgjevnadane og ser skikkeleg ut. Kven betalar? Eg ser føre meg eit spleiselag av privatfolk, lag og organisasjonar, kommunar, bankar, verksemder, ulike "kulturpottar", osv. Kanskje kan Turlag og Turistforreining få interesse av å vere med på eit samarbeid, der vi gjev informasjon om både diktar- og turstiar? Du kan få vere med Botnane og Årebrot grendalag har oppretta eit eige kontonummer for innsamlinga til Diktarstien, i grendalaget sin regi. Den vert kontrollert av revisor og alt det formelle er på plass. Kontonummeret er Merk innbetalinga Diktarsti. 10

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

SUNDAG Morgonbøn (Laudes) SUNDAG Morgonbøn (Laudes) Inngang L Herre, lat opp mine lepper! A Så min munn kan lovprisa deg. A no og alltid og i alle Song Sal 93 I Herren råder, * han har kledd seg i høgd. II Herren har kledd seg

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

DIKTARSTIEN i BOTNANE

DIKTARSTIEN i BOTNANE DIKTARSTIEN i BOTNANE etter 13.10.2016 Jan-Magnus Bruheim Diktarstien i Botnane etter Jan-Magnus Bruheim I Botnane, i Bremanger kommune, arbeider vi med å få til ein diktarsti etter diktaren Jan-Magnus

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse KOMPETANSEMÅL Generelt om naturfag: Kunnskap om, forståelse av og opplevelser i naturen kan fremme viljen til å verne om naturressursene, bevare

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå. 13. POLYGONDRAG Nemninga polygondrag kjem frå ein tidlegare nytta metode der ein laga ein lukka polygon ved å måle sidene og vinklane i polygonen. I dag er denne typen lukka polygon lite, om i det heile

Detaljer

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen Det var ein gong ein liten geitekilling som hadde lært å telje til ti. Da han kom til ein vasspytt, stod han lenge og såg på spegelbiletet sitt i vatnet,

Detaljer

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! 17. mai er annleis enn alle andre dagar. Ein stor bursdag der alle er inviterte, tenkjer Mina, medan

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

I N N H O L D. Forord

I N N H O L D. Forord BOKVENNEN 2012 I N N H O L D Forord Annlaug Selstø «Aläng» Ero Karlsen «Slutten på nysgjerrighet» Kjersti Kollbotn «Rom null-trettiåtte: Trøyst» Kristian Bjørkelo «Spegelen» Siri Katinka Valdez «Alle er

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Turmål 2009 - Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Turmål 2009 - Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh) 1 Bergstjednet (856 moh) Posten er sett opp ved nordenden av Bergstjednet (856 m.o.h.), som er det einaste tjednet på Slidreåsen/Magistadåsen. Parker ved fylkesvegen over Magistadåsen der skogsbilvegen

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3 Nynorsk Leite etter mat Her er tre prosjekt som handlar om kva små skapningar et, og korleis dei leiter etter mat. Først må du finne verkelege maur,

Detaljer

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Månadens tema;.«nysgjerrigper» - vann, trafikk Månadens sang: To dråper vann Sosial kompetanse; Vennskap Fagområde: natur, miljø og teknikk og nærmiljø

Detaljer

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Det har vore eit flott halvår på raud gruppe. I gruppa har me 13 born, 10 jenter og 3 gutar, ein pedagog og ein assistent. Me har hatt tre studentar denne hausten.

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad Først i denne delen om Giske OS står skrive om korleis vi bygde stasjonsbygninga. Der står nemnt at vi rekna med

Detaljer

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A FORBØN ORDNING FOR Forbøn for borgarleg inngått ekteskap Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda,

Detaljer

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal Vinter 2014 Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal 2014 I fjor haust feira fylkesbiblioteka i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal bokbåten Epos sin 50 årsdag, vi vil takke for alle gratulasjonar

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK NYNORSK 1 Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. DETTE ER BOKA TIL Her kan de lime

Detaljer

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald Innhald Introduksjon... 1 Teori... 2 Den første beskrivelsen... 2 Den sekundære betydinga... 2 Assosiasjonar... 3 Målgruppa... 4 Kvifor har dei gjort det slik, og kvifor seier bildet kva det seier?...

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo Ein farleg klatretur Døveskolernes Materialelaboratorium, 1994 2. udgave 1. oplag Forfatter: H. P. Rismark Illustrationer: Henrik Taarnby Thomsen Tilrettelægging, layout, dtp, repro og tryk: Døveskolernes

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Namning av vegar i Fræna Kommune

Namning av vegar i Fræna Kommune Namning av vegar i Fræna Kommune Mange bustadar i Fræna manglar adresse med vegnamn og husnummer. Etter innspel frå naudetatane, samt føringar frå sentrale styringsmakter, gjer at vi må sørgje for at alle

Detaljer

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii KoønnWEK v/sidgr.1- or 11(0I: iii &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. Opplysningar om søkjaren: Namn:Jorun Larsen Adresse: Seimsvegen 73 Postnr./stad: 5472 SEIMSFOSS Telefon: 91398512 Organisasjonsnr:

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Månen som ville lyse som ei sol (2012) av Elin Grimstad - og bruk av læringsvenn på 1. trinn PRESENTASJON AV BOKA: Kvifor er eg ikkje meir som sola?

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 Årsmøtet konstituerte seg med Steinar Røyrvik som møteleiar og Rigmor Øygarden som skrivar. Glenn Arne Vie og Sigurd Hatlenes vart valde til å

Detaljer

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Målet med reportasjen er å setje fokus på praktiske løysingar for oppstalling av frisk kalv, god avdrått og avkastning med mjølkeproduksjon

Detaljer

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen! Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen! Eit lite julekorthefte! Eg gleder meg til jul. Kanskje er eg ikkje aleine om det. Famile, julefilmar, julebrus, kakemenn og ikkje minst julehefte. Eg har i ei årrekkje

Detaljer

Turmål Vestre Slidre kommune - 2012 1. Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Turmål Vestre Slidre kommune - 2012 1. Eggjiåsen 910 moh 10 poeng 1. Eggjiåsen 910 moh 10 poeng Kjør vegen over Eggjiåsen mot Beitostølen. På toppen av Eggjiåsen parkerar du ved lysløpeanlegget og følgjer turmålskilt derifrå mot kommunegrensa til Vang kommune. GPS-koordinatar:

Detaljer

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag utan organisasjonsnummer

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag utan organisasjonsnummer SSB. Partifinansiering 2014, lag utan org.nr., 06.05.2015, s 1 Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag utan organisasjonsnummer For å få tak i skjemaet «Partifinansiering

Detaljer

Eit vennskap Ellingsøy, 20.februar 2013

Eit vennskap Ellingsøy, 20.februar 2013 Eit vennskap Ellingsøy, 20.februar 2013 Frå eg var så lita at eg mest ikkje kan hugse det, likte eg at mor eller far leste høgt for meg. Eg ville gjerne høyre forteljingar og dikt om att og om att, til

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s.

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 1 INNHALDSLISTE 1. Forord s. 2 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 6 3. Ein av foreldra/føresette eller syskjen

Detaljer

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på studietur til Spydeberg De kan lesa meir om dokumentasjon av vandringar her: http://bibliotekarvandring.wordpress.com/2013/10/07/dokumentasjon-av-vandringa/

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette? Norsk etnologisk gransking Desember 1955 Emne nr. 53 TRESKING II I 1. Kva tid på året var det dei til vanleg tok til å treskja? Var det visse ting dei i så måte tok omsyn til, t. d. om kjølden var komen?

Detaljer

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Tormod Haugland MØRK MATERIE Tormod Haugland MØRK MATERIE Roman FORLAGET OKTOBER 2015 TORMOD HAUGLAND Mørk Materie Forlaget Oktober AS 2015 Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg Exil Design hos OZ Fotosats AS Tilrettelagt for ebok

Detaljer

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok. Å BINDE SAMAN SETNINGAR 1 Kva ordklasse høyrer dei utheva orda til? Då eg var i London, besøkte eg tanta mi. Ein hund beit Leo. Derfor er han redd hundar. Arne går på spanskkurs, for han vil lære spansk.

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Rom ved havet, rom i byen

Rom ved havet, rom i byen Frode Grytten Rom ved havet, rom i byen Noveller Oslo 2012 Det Norske Samlaget 2007 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8441-9 4. utgåva Om denne boka

Detaljer

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU Møteinnkalling Stølsheimen verneområdestyre - AU Utval: Møtestad: E-post, Fjordsenteret Aurland Dato: 09.11.2015 Tidspunkt: 12:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post fmsfano@fylkesmannen.no.

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera stille

Detaljer

Setring ved Håbakkselet Hareid

Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet. Erling Hovlid og Einar Jacobsen Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet Steinar Hovlid (f. 1926) fortel til Leif Arne Grimstad om Håbakkselet i Vikebladet/Vestposten laurdag 22. desember

Detaljer

Del 2 Maks: 41 poeng Hjelpemiddel: Det er lov med alle ikkje-kommuniserande hjelpemiddel

Del 2 Maks: 41 poeng Hjelpemiddel: Det er lov med alle ikkje-kommuniserande hjelpemiddel Faktor terminprøve i matematikk for 9. trinn Hausten 2008 nynorsk Del 2 Maks: 41 poeng Hjelpemiddel: Det er lov med alle ikkje-kommuniserande hjelpemiddel Bruk blyant på figurar og konstruksjonar - elles

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST... BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST... 2 KVEN KAN SØKJE/BRUKE DET ELEKTRONISKE SØKNADSSKJEMAET?... 3 STARTSIDE...

Detaljer

INFORMASJON om førestellinga:

INFORMASJON om førestellinga: BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE Juni/juli 2015 ************************************************************************************************************ Tema juni: Førestillinga Månadens song: Alle songane

Detaljer

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten. Rapport. Innbyggjarundersøkinga 2015 Ulvik herad. Generelt om spørsmåla: Spørsmåla kunne graderast på ein skala frå 1-6, kor 1 var dårlegast. Eit gjennomsnitt på 3,5 vil seie ein vurderingsscore midt på

Detaljer

Innhaldsliste. 23.08.05 10. KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt

Innhaldsliste. 23.08.05 10. KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt Innhaldsliste 23.08.05 10. KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt Sidetal Innleiing 3 Helsetvatnet 3 Insekt i Helse tvatnet 4 Planter i og ved Helsetvatnet 6 Fisk i Helsetvatnet 7 Fisk og ph 8 Kva kvalitet

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme Den største kjempa Ut over fjorden, ut mot havet der vest stima ei skute langs ein vestlandsfjord rak i ryggen, med eit fast grep om roret sette ei kjempe sjøbein der om bord Der stormar kasta saltråka

Detaljer

Klepp kommune Tu skule

Klepp kommune Tu skule Veke Tema Kompetansemål Læringsmål: Eg skal kunne 34 Familien om variasjonar i Eg skal veta om ulike typar familieformer og om familiar. 35 relasjonar og oppgåver i familien 36 37 38 39 40 42 Haust Bruk

Detaljer

Johan Dalsegg født 12.1.1922 død 16.1.2006

Johan Dalsegg født 12.1.1922 død 16.1.2006 Johan Dalsegg født 12.1.1922 død 16.1.2006 Vårsøg No skin de sol e høgste Svealiå. No bli det vår, de kjenne e så vel. De søng så tongt kring alla dalasiå, å synnavinn han kjem å gjer me sel. Når sommarn

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Månadsplan for Hare November

Månadsplan for Hare November Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund

Detaljer

Rettleiing. - utfylling av refusjonsskjema for faste praksisskular

Rettleiing. - utfylling av refusjonsskjema for faste praksisskular Rettleiing - utfylling av refusjonsskjema for faste praksisskular Reknearket for refusjon er å finne på: www.hisf.no For praksisfeltet (øvst i skjermbildet). Klikk vidare til Grunnskulelærarutdanning 1-7/5-10.

Detaljer

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor

Detaljer

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus. ORDNING FOR Gravferd frå kyrkje eller krematorium 1 Klokkeringing Medan det vert ringt saman, tek liturgen plass i koret. 2 Preludium Som preludium kan det framførast høveleg instrumentalmusikk, korsong

Detaljer

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk av Martine Grande Berte og Iver og månen Nynorsksenteret Berte Iver likar godt å leike med Berte, for ho finn på så mykje morosamt, og så er ho så modig. Det er kjekt å reise på oppdagingsferd i lag med

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman Trude Teige Lene seg mot vinden Roman Om forfatteren: Trude Teige (f. 1960) har jobbet som politisk reporter, nyhetsanker og programleder i TV2. I 2002 debuterte hun med Havet syng, oppfølgeren Lene seg

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Halvårsplan i norsk 2. trinn VÅR Nynorsk

Halvårsplan i norsk 2. trinn VÅR Nynorsk Kunnskapsmål Zeppelin 2B Elevbok 2B Arbeidsbok 2B ha skrive ein tekst om «det beste som hende i fjor» ha vore med på å lage ein gruppetekst ha arbeidd med orda på fargelinja kunne fortelje kven teksten

Detaljer

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya? Velkomen til blåtur. Under køyreturen nå og litt utover kvelden skal de få ein Quiz å kose dykk med. De som er i denne bilen er ei gruppe. Gi gruppa eit namn og set igong. QUIZ GRUPPENAMN:. 1. Kva verdsdel

Detaljer