MØTE P ROTOKOLL. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. SAKLISTE

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "MØTE P ROTOKOLL. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. SAKLISTE"

Transkript

1 Utval Formannskapet og næringsutvalet Møtest a d: Rådhuset Møtedato: MØTE P ROTOKOLL Start kl.: Slutt kl.: Til stades Medl.: Forfall: Varamedl.: Fr å adm. (evt. andre): på møtet Ivar Kvalen, Marit Aakre Tennø, Marianne Bugge, Geir Paulsen (permisjon frå 14.30, deltok ikkje i heile sak 15.), Geir Arve Sandvik, Elin Hauge, Morten Johan Vigdal. Rådmann Jarle Skartun. Fagleiar landbruk og naturforvaltning Magnus Snøtun, sak 2-5. Ingvild Midtun Kjos deltok med orientering om elektroniske løysingar på reiserekningar og lønsslipp. Olav Grov, del av sak 15, informasjon om Harastølen prosjektet. Der deltok og : Øy vind Odden frå Harastølen As, Terje Svindland, Sverre Ophaug og Borgar Løberg frå Harastølen Hotel samt Ståle Brandshaug frå Visit Sognefjord. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. Saksnr. Tittel 1 / / 3314 Godkjenning av møtebok SAKLISTE 2 / / 4067 Lån i næringsfondet til bruksutbygging Einar Sønnesyn 3 / / 3996 Lån i næringsfondet til driftsbygning Arne Øvreås 4 / / 63 Lån i næringsfondet til ombygging av driftsbygning Preben Snøtun 5 / / 206 Breheimsenteret. Søknad om delfinansiering av prosjektstilling 6 / / 238 Marianne Heske. Søknad om støtte til prosjekt 7 / / 286 Side 1 av 9

2 Samarbeidsprosjekt arrangement 8 / / 3636 Nye Tungestølen Turisthytte - finansiering. 9 / / 1317 Eigedomsskatt - søknad om fritak Knut Hegbom gbnr. 174/1 10 / / 1350 Eigedomsskatt - søknad om fritak Lyngmo Ungdomssenter Gbnr. 148/1 11 / / 3697 Klagehandsaming, klage på fastsetjing av oppmålingsgebyr, klarlegging av eksisterande grenser, Hafslo, gbnr. 149/15 12 / / 221 Hillestad traktorservice - kjøp av næringstomt 13 / / 4014 LT - Eigedom. Søknad om kjøp av tre tomtar i bustadfeltet Beheim 2 14 / / 252 Årsmelding for Råda / / 168 Referat - og drøftingssaker Underskrifter: Vi stadfester møtet. at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på Møteprotokoll er sendt til: Medlemene, varamedlemer, rådmann, revisor, kontrollutvalet, bibliotek et i kommunen, lokalavis a, NRK - Førde og Luster radio.

3 1 / 19 Godkjenning av møtebok Det var ikkje merknad til møteboka. Møteboka frå møtet den ver godkjent. Marit Aakre Tennø og Morten Johan Vigdal vert valde til å signere på møteboka. 2 / 19 Lån i næringsfondet Einar Sønnesyn til bruksutbygging Einar Sønnesyn får innvilga eit rentefritt lån på kr , - til oppføring av ny driftsbygning for mjølkeproduksjon på bruket han eig og driv på Indre Hafslo, Sønnesyn gnr. 114, bnr. 1. Lånet skal vera avdragsfritt første to åra og skal deretter nedbetalast over dei 13 neste åra. Lånet skal sikrast med pant i eigedomen. 3 / 19 Lån i næringsfondet Arne Øvreås til driftsbygning Elin Hauge gjekk frå som ugild grunna fo r retningsmessig samarbeid med tiltakshavar. Arne Rebni Øverås får innvilga eit rentefritt lån gjennom næringsfondet på kr , - til bruksutbygging på gnr. 20, bnr. 3 i Skjolden. Lånet skal vera avdragsfritt første to åra og skal deretter nedbetalast over dei 13 neste åra. Lånet skal sikrast med pant i eigedomen.

4 4 / 19 Lån i næringsfondet til ombygging av driftsbygning Preben Snøtun Preben Snøtun får innvilga eit rentefritt lån gjennom næringsfondet på kr , - til bruksutbygging på Snøtun gnr. 209, bnr. 1. Lånet skal vera avdragsfritt første to åra og skal deretter nedbetalast over dei neste 13 åra. Lånet skal sikrast med pant i eigedomen 5 / 19 Breheimsenteret. Søknad om delfinansiering av prosjektstilling Fagleiar/rådmann orienterte om ulike tiltak inn mot «turistdestinasjonen» Nigardsbreen. Luster kommune løyver kr pr år til ein treårig prosjektstilling ved Breheimsenteret knytt til informasjon og naturvegleiing. Den kommunale finansieringa føreset at Miljødirektoratet og Breheimsenteret yter same finansi eringa. Tiltaket vert finansiert ved forbruk av næringsfondet. 6 / 19 Marianne Heske. Søknad om støtte til prosjekt Rådmannen endra si tilråding ved at tiltaket vert finansiert av posten aktivitet for reiselivet /næringsliv. (teneste 32503, 11406) Rådmann si endra tilråding vart vedteken mot ei røyst. (GAS.) Marianne Heske får eit tilskot stort kr til gjennomføring av kunstprosjekt i samband med Noreg si satsing på den internasjonale bokmessa i Frankfurt. Til skotet vert løyvd av posten aktivitet for reiselivet/næringsliv.

5 7 / 19 Samarbeidsprosjekt arrangement Formannskapet/næringsutvalet drøfta habilitet for medlemmar knytta til till itsverv i Wittgensteinstiftinga og Verdsarvrådet. Det var ingen merknader til at alle medlemmane deltek i handsaming av saka. Rådmannen endra si tilråding ved at tiltaket vert finansiert av posten aktivitet for reiselivet/næringsliv. (teneste 32503, 11406) Rådmannen si endra tilrådi ng Stiftinga Munthehuset får eit tilskot stort kr til kjøp av tenester i samband med tre store kulturhistoriske arrangement i Luster kommune i Tilskotet vert løyvd frå posten aktivitet for reiselivet/næringsl iv. 8 / 19 Nye Tungestølen Turisthytte - finansiering. Rådmann refererte frå styrevedtak i Luster turlag som har godkjent løysing for restfinansiering. Luster kommune løyver eit rentefritt lån inntil 2,3 mill kr til restfinansiering av Tungestølen Turisthytte, byggesteg 1. Lånet skal betalast ned etter kvart som anna finansiering fell på plass. Vedtaket føreset at Luster Sparebank og Luster Turlag tek d el i denne finansieringa synt i saksutgreiinga. som Luster kommune føreset at Luster Turlag arbeider aktivt og målretta for å få på plass ytterlegare finansiering. Rådmannen får fullmakt om finansieringa. til å utforme ein avtale med Luster Sparebank og Luster Turlag 9 / 19 Eigedomsskatt - søknad om fritak Knut Hegbom gbnr. 174/1

6 Gbnr 174/1 i Solvorn får fritak for utskriven eigedomsskatt. 10 / 19 Eigedomsskatt - søknad om fritak Lyngmo Ungdomssenter Gbnr. 148/1 Rådmann orienterte om verdivurderingane som ligg til grunn for saka. Lyngmo Ungdomssenter Gbnr. 148/1 får delvis fritak for utskriven eigedomsskatt på hovudanlegget med 50%. E igedomsskatt på to utleig e hytter og Apartement/utleigehytte skal betalast som utskrive. 11 / 19 Klagehandsaming, klage på fastsetjing av oppmålingsgebyr, klarlegging av eksisterande grenser, Hafslo, gbnr. 149/15 Skriv frå klagar, e - post datert , er lagt på saka innan handsaming klagesaka. Sakshandsamar/rådmann orienterte om utvikling i saka. av Formannskapet tek ikkje klagen frå Anvor Osmundsvaag til følgje og held fast på at fastsett oppmålingsgebyr ikkje er openbart urimeleg. Klagen blir sendt Fylkesmannen i Vestland for endeleg klagehandsaming, jf. matrikkellova 46 andre ledd og f orvaltningslova 33 andre og fjerde ledd. 12 / 19 Hillestad traktorservice - kjøp av næringstomt 1. Hillestad Traktorservice får kjøpe området ved busshaldeplass på Galden, regulert til næring, storleik om lag 1813 m2.

7 2. Vilkår for tomtekjøpet er: a) Tilbodet om tildeling gjeld i 1 - eitt - år frå vedtaksdato. b) Kjøpesum vert fastsett til kr 100,- pr m2 c) Sone mot ballbinge: Vegetasjon skal takast vare på i størst mogleg grad, tynning av skog kan utførast og etter avtale kan skog som representerer veltefare hoggast. d ) Tomtekjøpar har ansvaret for veg, vatn og avløp. Opparbeiding inne på eige område er k jøpar sitt ansvar. e ) Kjøpar må tilpasse seg gjeldande reguleringsplan for området. f ) Tilknytingsgebyr, oppmålingsgebyr, samt overdragingskostnader må dekkast av kjøpar i samsvar med gjeldande satsar. 13 / 19 LT - Eigedom. Søknad om kjøp av tre tomta r i bustadfeltet Beheim 2 LT - eigedom får kjøpe tre tomtar i Beheim 2, tomt nr 22,23,og / 19 Årsmelding for Råda 2018 Kommunestyret tek årsmeldinga frå rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, eldrerådet og brukarutvalet for samhandlingsreforma til orientering. 15 / 19 Referat - og drøftingssaker Skriftleg orientering: Eksternt: Statsbudsjettet 2019 Det økonomiske opplegget for kommunane, 18/ referert. Kun mindre endringar i høve det som er lagt til grunn i kommunen sitt budsjett. Vert innarbeidd ved budsjettregulering 2019.

8 Ny Leirdøla trafostasjon,19/ referert, det vert utarbeidd høyringssvar som ev vert lagt fram for politisk nivå om det syner seg vere «politiske» problem - stillingar i saka. Digitalisering i kommunal sektor, 17/ referert, jf at det vert signalisert stor t og omfattande utviklingsarbeid for kommunane. Interkommunalt: Fleire læreplassar i Sogn, 19/ referert, kommunestyret har i budsjett vedtaket lagt til grunn at måltalet for løpande lærlingeavtalar skal aukast til 2,5 pr 1000 som avtalen legg opp til. Internt: Rapport over delegerte vedtak. nb. er ikkje lagt med, vert lagt på saka og referert på neste møte. Årsrapport og årsrekneskap skatteoppkrevjaren, 19/ referert. Notat: Opningstider R ådhuset. Notat frå stableiar/leiar servicetorget, 19/85-1. referert. Notat: Opningstider Rådhuset. Notat frå Rådmann,19/85-2. referert. Det er rom for endringar, jf notata. Det vert viktig med svært god informasjon og det bør ikkje vere for ulike tider frå dag til dag. Notat: ØP - notat 9, m/vedlegg. referert. S pesielt vart dei tiltaka som vart fremja og vedtekne ved kommunest yret si handsaming av budsjettet for 2019 drøfta. Notat: Lokalisering av «utebarnehage» Gaupne med vedlegg, 19/251. referert, det skal arbeidast vidare med avklaringar på fleire lokaliseringsalternativ. Orientering i møtet: Ordførar: Formannskapet, studietur program. referert. Søknader; ultralydutstyr Lærdal, sjøredningsbase Leikanger, Vitensenteret. referert, ein avventar handsaming i nokre kommunar ført ein tek endeleg stilling/legg fram sak. Ny medlem i styre for stiftinga Ormelid. referert. Frode Olav H aara vert vald som representant for kommunen. Torodd Urnes har sagt frå seg vervet. Kommunestyret Politimeistaren i Vest politidistrikt er invitert og har sagt ja til å delta. Ordføraren utarbeidar program. Rådmann: «Det interkommunale i 2019.» - referert. Rådmann orienterte om oppsagde avtalar grunna kommunereforma, behov for handsaming av selskapsavtalar uavhengig av oppseiinga og dei interkommunale sakene/avtalane som det vert arbeidd med no. (jf protokoll frå møte i rådmannsgruppa ) Grandmo busenter motsegn mot reguleringsplan. Rådmann orienterte om at det er varsla motsegn frå NVE/fylkesmann grunna manglande dokumentasjon på om det er teke nok omsyn til flaum/havnivå i byggeplanane. Fv 55 Neshøgdi redusert fartsgrense. Statens vegvesen held fast på at det er rett å behalde 60 sone. Næringssaker, ev. ikkje off.: Harastølen. referert. Representantar for prosjektet orienterte ; Terje Svindland omkring prospektet og Øyvind Odden omkring status i fin ansieringa. Ståle Brandshaug frå Visit Sognefjord la fram vurderingar om prosjektet innpla s sert i reiselivsutviklinga i regionen.

9 Personal og administrative saker, ev. ikkje off.: Bemanningsendringar. referert. Svein Sanden har overteke som økonomisjef frå Kjell Sverre Snøtun vert pensjonist frå Rune Helle er tilsett som einingsleiar på Grandmo busenter og startar Aleksander Beheim tek til som byggesakshandsamar frå og Øyvind Mo Hiller tek til som oppmålings - ingeniør frå april. Drøfting i møtet: Gjennomføring av budsjett 2019, prioritering. Jf notat lagt fram under internt. Open post: Eventuelt/innspel i møtet : KPA, ny innspelsrunde. Grunna varsla motsegner til kommuneplanen er det under arbeid nytt framlegg med målsetjing om handsaming i kommunestyre før sommarferien. Handsaming av tidlegare innspel vil inngå i handsaming og det vert høve til å fornye/kome med nye innspel. Gamle brannstasjon i Luster/Dale. I sam svar med vedtak i budsjettet vert det no førebudd riving, først med utarbeiding av saneringsplan og deretter anbod for rivinga. Deretter er planen å følgje opp med ny planlegging i området for korleis tomt/o mrådet skal utnyttast. Klage på lang ventetid/manglande svar på bygge søknader. Rådmann beklaga at sakshandsamingstida ein periode har vore lenger enn den bør vere. Redusert kapasitet, uttak av permisjon og nokre svært arbeidskrevjande saker er grunn til dette. Nytilsett som startar vil hjelpa på situasjonen. Dagsorden for møtedagen : Lønsslipp på mobil og elektroniske reiserekningar Sakshandsaming Lunsj Drøftingar Harastølen Drøftingar/Open post. Ny medlem i styre for stiftinga Ormelid: Formannskapet vel Frode Olav Haara som representant for kommunen.