Eksamen i NORD Nordisk språk, historisk, 7,5 sp. Vårsemester Kandidatnummer: Sidetal minus forside: 7

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Eksamen i NORD6106 - Nordisk språk, historisk, 7,5 sp. Vårsemester 2012. Kandidatnummer: 10025 Sidetal minus forside: 7"

Transkript

1 Eksamen i NORD Nordisk språk, historisk, 7,5 sp. Vårsemester 2012 Kandidatnummer: Sidetal minus forside: 7 1/8

2 Innleiing Omsetjinga i denne eksamensoppgåva er svært tekstnær, slik at tydinga av dei forskjellige orda i originalteksten skal komme godt fram. Nokre omskrivingar/tolkingar førekjem imidlertid. Alle referansar til paragrafar ( ) er til Haugen (2009). Fullstendig referanse er ikkje teken med i teksten av omsyn til lesbarheita. a) Omsetjing Frå den tid 1 Thorvard Kråkenebb ville gje segl til kong Harald Thorvard Kråkenebb heitte ein mann, vestfjordsk mann av slekt, rik mann og godt menneske. Han fór mellom landa og vart vél akta 2 der som han kom. Han kjem no ein sommar med skipet sitt nord i Nidaros, og kong Harald var i byen, og Eystein Orre, svogeren hans, sonen til Thorberg Arnason, som av alle menn var djervast og mest verdsatt av kongen. Thorvard tømde skipet og leigde seg hus. Sidan gjekk han og fann kong Harald der som han drakk. Kjem slik til huset, kongen var utanfor attmed huset 3, og då han vil vende inn, sa Thorvard: Heil 4, herre. Her er eit segl nede på skipet som eg gjerne ville at De tok imot. 5 1 Heggestad et. al (2008, s. 667): frá Þvi er = frå den tid, sidan 2 Eg antek at dette er preteritum + forenkla refleksivform av meta = verdsetje, vurdere, dømme om; vørde, akte. Preteritum: mat. Refleksivform: mat + sk = matzk -> mazt. Ei endå meir tekstnær omsetjing kunne vere at han vyrda seg vél, men eg er usikker på om dette er korrekt nynorsk. 3 I følge Heggestad et al (2008) tyder úti gjerne utanfor huset. Ordet at tolker eg her er som attmed. Ordrett blir omsetjinga attmed kongen var utanfor, og eg kan tenke meg at det er eit underforstått subjekt her: attmed [hvilket] kongen var utanfor. 4 Helsing: gjev du må vere frisk og lykkeleg - jfr. heil ( ). 5 at þér þegið er ikkje beint fram å oversette. Når det gjeld þegið, er dette ei mangetydig form. Eg antek at det er verbet þiggja, som er eit sterkt verb av 5. klasse ( 88.2). Eg har ikkje funne fullstendig bøygingsskjema for dette verbet, men Heggestad et al (2008) skriv at konj. 3. p. er þiggi og þegi, og 88.2 angjev at pret. konj. er þægið. Kanskje skulle det i teksten stått þægið (med æ), altså preteritum, konjunktiv? Dette støs av at minst ei anna kilde (Þorvarðar þáttr krákunefs, ) skriv þægið, og ikkje þegið. Men kvifor nyttast preteritum, og ikkje presens? Endinga -ið har også forvirra meg. Den førekjem i imperativ, i presens indikativ, og i konjunktiv, men alltid berre i 2. person fleirtal ( 94), mens eg her forventa 2. person eintal. Eg kan berre gjette at det her er snakk om ei høfleg tiltaleform, der kongen tiltalast i fleirtal. I så fall antek eg at þér her ikkje er dativ-form av 2. person sg. pronomen, men derimot 2.p. pl. nominativ. Dette motseiast igjen av preposisjonen at, som nesten alltid styrer dativ ( 108.3). At þér er difor naturleg å omsetje med til deg. Dette skurrer igjen i høve til verbet þiggja, som er angjeve med kasusmarkørar slik: þiggja e-t at e-m - altså ta imot noko av nokon, der nokon skal stå i dativ. Ein kunne altså vente at det stod at mér þægið, altså at Thorvard ber kongen ta imot av meg. Men at kan óg vere ein konjunksjon (=at), og då passer det betre. Difor konkluderer eg med at ei sannsynleg tolking er at vi her har å gjere med konjunksjonen at, samt høfleg tiltale og konjunktiv (þér þegið), men konklusjonen er uviss. 2/8

3 Kongen var ganske så morsk og seier: Ein gong tok eg imot segl av dykk islendingar, seier han, og det laga 6 seg då til at det ville verte meir til skade. Det gjekk i sund under seglinga, og eg vil ikkje ta imot. Eystein sa: Gå dit, herre, seier han, og sjå, og kan vere at det synes Dykk 7 vél, og det er meir von til det, at De då tek imot 8 stykker som er uvurderlegare 9. Difor kan han ha tiltenkt deg [dei]. Kongen seier: Eg ser råd for meg, og du for deg, - vender så inn i stova, og [Thorvard] får ikkje tale med han. Thorvard ber då Eystein ta imot seglet, - og gå med meg, seier han. Eysteinn gjer så og synest ikkje å ha sett meir dyrverdig ting 10 i eit segl og takkar fint for gåva og seier at han må koma til han om vinteren og sjå gården hans på Nordmøre, på Giske. [Det] er no stille om vinteren. b) Kasusbruk vestfirzkr maðr at kyni Maðr er eit maskulint substantiv som her står i nominativ fordi det står som subjekt i setninga, og som her står i eintal, bestemt form ( 29.1: maðr har eintalsbøying som dei sterke, maskuline a- typane). Adjektivet vestfirzkr er samsvarsbøygd med substantivet (nom, m, sg). Kyn er eit sterkt, nøytralt substantiv ( 35.3), som alltid har endinga -i i dativ. Her har vi dativform som er styrt av preposisjonen at, som nesten alltid styrer dativ ( 108.3). Merk at vestfirzkr er styrt av maðr, ikkje kyni, det ser vi av endinga (altså vestfjordsk mann, ikkje vestfjordsk ætt). 6 Eg antek at bjósk er preteritumsform av búa (altså bjó) + refleksivpronomen sk = bjósk 7 Igjen ser vi at fleirtalsforma av pronomenet er brukt i høfleg tiltale (i dette tilfellet yðr). 8 Forma þiggið må vere imperativ fleirtal, sjølv om konjunktiv kunne ha vore ei vel så naturleg modus her. Igjen tolker eg þér som nominativ pl. 2. person (høfleg form) og at som konjunksjonen at. 9 Omsetjinga av dette ordet har volda meg mykje hovudbry. Ord som byrjar på ó, er i ordboka førte opp under ú-. Oppslagsordet úvirdiligr tyder imidlertid vanærande, svivørdeleg, skammeleg. Ut i frå samanhengen elles, vil eg likevel tru at uvurderleg er ein riktig omsetjing. Bøyginga til óvirðiligri er heller ikkje lett å forklare, sidan ingen adjektiv har endinga -i når dei samsvarsbøygast med m. pl. substantiv. Eg har difor konkludert med at dette må vere ei komparativsform, sjølv om det kanskje synest litt merkeleg i samanhengen. 10 gørsemi = dyrverdig ting, ifølge Heggstad et. al. (2012). Eg antek at gørsimi er same ordet. 3/8

4 eitthvert sumar Dette kan vere enten nominativ eller akkusativ. Eitthvert er forma både i nominativ og akkusativ ( 58, 58.1). Sumar er sterkt, nøytralt substantiv ( 35.1) utan ending i nominativ og akkusativ. Eg vil tippe at dette er nominativ, då eg ikkje kan sjå noko som skulle tilseie akkusativ (det måtte i så tilfelle vere at det er uttrykk for tid, jfr , men slik eg har oppfatta denne regelen, gjeld dette tidsrom, og ikkje tidspunkt). skipi sínu Dette er instrumental dativ ( 144.2) fordi det uttrykkjer måten eller reiskapet for Thorvard si reise til Nidaros. Skip er sterkt, nøytralt substantiv med i-ending i dativ. Determinativet sinn samsvarsbøygast med substantivet og har forma sínu i sg. n. dativ ( 56). allra manna Manna er genitiv fleirtal av maðr ( 29.1), allra er genitiv fleirtal av allr ( 58). Grunnen til at vi får genitiv her, er som uttrykk for samhøyrsle ( a), på moderne norsk uttrykt med preposisjonen av (allra manna var vaskastr = var djervast av alle menn). á fund Haralds konungs Fundr er eit maskulint substantiv, og i Heggestad et. al (2008) står uttrykket fara á fund e-s (= fara og finne ein), som altså styrer genitiv. Derfor står begge orda Haralds konungs i genitiv (sterk maskulin a-type, 26.1). Preposisjonen á styrer akkusativ ved rørsle til staden, slik at fund her må stå i akkusativ (fund er sterk maskulin i-type utan ending i både akkusativ og dativ, 27.1). at stofunni Stofunni er bestemd form, eintal, dativ av stofa (svakt, feminint substantiv). (Stofu + inni = stofunni). Kasusen er styrt av preposisjonen at, som nesten alltid styrer dativ ( 108.3). þá hluti Verbet þiggja tar akkusativ (þiggja e-t). Hluti må enten komma av hlutr eller hluti, men hluti har kun denne forma i nominativ. Hlutr, derimot, bøygast til hluti i akkusativ fleirtal ( 27.1). At det er snakk om fleirtal her, støs av at eru til slutt i same setning er ei fleirtalsform (pl. 3. pres. ind.) av vera. Her er det altså snakk om akkusativ (fleirtal) på grunn av verbet þiggja. (Eg må bemerke at 4/8

5 eg ikkje har tolka þá som preteritum av þiggja, men som adverbet då. Imidlertid står verbet þiggja foran der igjen:...þiggið þá hluti ). gjǫfina gjǫfina er bestemd form akkusativ av gjǫf (sterkt, feminint Ar1-type substantiv, 31.1). Bestemd artikkel inn bøygast til ina i sg. f. akkusativ ( 57), og blir hengt på substantivet, slik at vi får gjǫf + ina = gjǫfina. Verbet þakka tar akkusativ (þakka e-m e-t), og difor får vi akkusativ her. c) Omlyd og avlyd Omlyd og avlyd er former for vokalskifte som er med på å skape variasjon i bøyginga, særleg av verb og substantiv. Avlyd er ei form for vokalskifte som vi ikkje har sikker kunnskap om bakgrunnen for, men vi finn restar av den i alle dei germanske språka, og i norrønt mellom anna i bøyinga av sterke verb. I følge Torp og Vikør (2003: 40) finn vi innanfor bøyingssystemet i norrønt avlyd kun i sterke verb. I desse verba markerer vi tempusskifte ved avlyd, medan svake verb ikkje har dette vokalskiftet. Haugen (2009, s. 24) lister opp 6 ulike avlydsrekkjer, som er referert i tabellen nedanfor, saman med nokre døme frå teksten. Avlydsrekkje Døme frå teksten 1. í - ei - i - i 2. jú/jó - au - u - o 3. e - a - u - o l 11: þar sem han drakk. (drekka - drakk - drukku - drukkin) (merk at perfektum partisipp-forma her ikkje samsvarer med opplistinga) 4. e - a - á - o 5. e - a - á - e l. 5: mazk vél (meta - mat - mátu - metit) l. 7: ok var Haraldr konungr (vera - var - váru - verit) 6. a - ó - ó - a l. 4: Han fór milli landa (fara - fór - fóru - farit) Omlyd er ei anna form for vokalskifte som vi finn igjen i orddanningar og i mange bøygingar i norrønt. Vokalen i ei staving vert påverka av ein vokal eller halvvokal i ei etterfølgjande staving og assimilerast til denne. Dette kallast regressiv fjernassimilasjon (Torp og Vikør, 2003:35). 5/8

6 Omlyden oppstod under overgangen frå urnordisk til norrønt, og er delt i tre hovudgrupper alt etter kva for vokal som har utløyst omlyden. Ved a-omlyd vert i og u senka av ein etterfølgjande a. Ved i- omlyd vert bakre rotvokalar fremja under påverknad av ein etterfølgande i eller j. Ved u-omlyd vert urunda vokalar runda under påverknad av ein etterfølgande u eller v. Vi skil mellom morfologisk og fonologisk omlyd. Fonologisk omlyd er verksam når dei lydlege omgjevnadane litt til rette for det, til dømes når a blir runda på grunn av ein u i bøyingsendinga, som i lǫndum (fonologisk u-omlyd). Morfologisk omlyd ser vi derimot ingen grunn for i omgjevnadane, til dømes fordi den omlydsskapande vokalen har falle bort, som i lǫnd (morfologisk u-omlyd). Morfologisk omlyd kan altså seiast å ha opphav i ein fonologisk omlyd som ikkje lenger er aktiv. Den aktive, fonologiske omlyden finn vi i norrønt berre i u-omlyd, som kan vere enten fonologisk eller morfologisk. U-omlyden er framleis er aktiv i samband med dei låge vokalane a og á, og derfor vi ikkje finne ord i norrønt med a i i éi staving og u i neste staving. A- og i-omlyd finn vi derimot kun morfologisk, slik at former som t.d. armi er moglege (Torp og Vikør, 2003: 39-40). I følge Torp og Vikør (2003: 40) finn vi omlyd både i svak og sterk verbbøying, samt i nominalbøyging, det vil seie substantiv og adjektiv. Tabellen under lister dei forskjellige typane omlyd saman med nokre døme frå teksten. Type omlyd Vokalar Døme frå teksten A-omlyd (senking) i > e í > é u > o ú > ó l 12: stofunni Ordet stofa finst både som stufa og stofa, og eg antar at det kan vere a-omlyd som har endra u til o. Skiljet finst og i moderne norsk, der det heiter stue på bokmål og stove på nynorsk. l 10: gekk Eg kan berre tippe at gikk har vorte til gekk, sidan dette er eit skilje i moderne norsk (nynorsk/bokmål). Kanskje har det ein gong vore ein a der, som har falle bort t.d. i synkopetida? (Eller kanskje denne burde vore plassert under i-omlyd: ganga - gengr - gekk?) l 13: segl Eg registerer at orda sigla og segl har eit felles opphav, og tenkjer at det kan vere a-omlyd som har ført til at dei har forskjellig rotvokal. 6/8

7 Type omlyd Vokalar Døme frå teksten I-omlyd (fremjing) u > y ú > y o > ø ó > ǿ a > œ > e á > œ au > ey l 3 vestfirzkr firzkr kjem her av firði, som er eit resultat av morfofonologisk i-omlyd (regel 13 i Haugen 2009: 41). Trykklett i fremjer trykksterke bakre vokaler og vi får *fjarði -> *fjerði -> firði (av fjorðr.) (Forma firði er eit resultat av vidare fonologisk utvikling der je -> i (regel 7 i Haugen 2009: 39)) l 17 myndi Dette er preteritum konjunktiv av munu, og i følge regel 17 i Haugen (2009: 42-43), har alle sterke verb og enkelte svake verb i preteritum konjunktiv i-omlyd. l 28 skyli av skulu er eit døme på det same. l 16 Íslendingum Her går eg ut i fra at det er i-omlyd som får a i Ísland til å gå til e i íslendingr. l 6 kemr Dette kan vere eit døme på at sterke verb har i-omlyd i presens i norrønt, men eg er litt usikker på denne. Det fins óg ei alternativ form, kømr, som heilt klart er eit tilfelle av morfologisk i- omlyd o > ø (koma - kømr) (regel 17 i Haugen 2009: 42-43). l 23 fyr Den semantiske slektskapen med ordet furða gjer at eg tenker at det ikkje er usannsynlig at vi her har med i-omlyd å gjere. Den alternative forma fyrir stør dette. l 4 drengr Dette er eit sterkt maskulint substantiv av i-klassa. Mange i-typar har fått ny rotvokal som følgje av i-omlyden ( 27), men om drengr er ein av desse, kan eg berre spekulere i. Det same gjeld l 7 bǿnum/ l 29 bǿ, då også bǿr er sterkt m i-klasse substantiv. l 26 þykkisk Dette er eit uregelrett, svakt verb (þykkja), men det høyrer typologisk til dǿma-klassen, der mange verb har i-omlydd rotvokal ( 80, 82). Om rotvokalen i þykkisk faktisk er eit resultat av i-omlyd, veit eg deriomt ikkje. l 24 festa Her har vi eit semantisk slektskap med ordet fast, så det er ikkje urimeleg å tur at det kan vere snakk om i-omlyd fra fast til festa. 7/8

8 Type omlyd Vokalar Døme frå teksten U-omlyd (runding) i > y e > ø a > ǫ el u á > ǫ l 27: gjǫfina er eit sterkt, feminint ar1-type substantiv. Ord i denne klassa har morfologisk u-omlyd i heile eintal unntatt genitiv, samt dativ fleirtal ( 31.1) (gjǫf - gjafar - gjǫf - gjǫf - gjafar/gjafir - gjafa - gjǫfum - gjafar/gjafir). l 15 nǫkkut I 58.4 blir det fortalt at denne kvantoren førekjem i eldre språk med stamma nakkvar. Om det er u-omlyd som har verka her og gjort a til ǫ står det ikkje noko om, men eg synest det er rimeleg å anta dette. l 1 krákunef Her stussa eg først over at á ikkje har blitt omlydt til ǫ sidan det er ein u i påfølgjande staving. Men i følge 17.3 har norrøn normalortografi valt å bruke teiknet á for samanfallet av á og ǫ, slik at u-omlyd av á vert usynleg. l 16 Íslendingum Her stusser eg over at i ikkje har blitt omlydt til y. Til vanleg skal sterk maskulin a-type ha u-omlyd i dativ fleirtal ( 26.1), men det gjeld kanskje berre dei låge vokalane. Litteraturliste Haugen, Odd Einar (2009) Norrøn Grammatikk i hovuddrag. Trondheim: Kompendieforlaget. Heggstad, Leiv, et. al. (2012) Norrøn Ordbok. 5. utgåva. 2. opplaget. Oslo: Det Norske Samlaget. heil ( ) I Nynorskordboka. Henta fra: OPP=heil&nynorsk=+&ordbok=nynorsk Torp, Arne og Vikør, Lars S. (2003) Hovuddrag i norsk språkhistorie. Oslo: Gyldendal akademisk. Þorvarðar þáttr krákunefs ( ) I Heimskringla.no. Henta fra: wiki/þorvarðar_þáttr_krákunefs 8/8

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016 www.stavanger-kulturhus.no Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016 Eksempel på eksamenssvar 2 1 LES NYNORSK I 30 MINUTT KVAR DAG DEN NESTE VEKA 2 SKRIV PÅ

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN vedteke av kommunestyret 29.01.1998 1. HISTORISK BAKGRUNN Dei første skulekrinsane i Samnanger gjekk over til nynorsk («landsmål») i 1909. Sidan 1938 har nynorsk vore einerådande

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av 31.03.98 til NVE.

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av 31.03.98 til NVE. Vår ref. Vår dato NVE 9800452-5 02 09 98 MM/AVE/912-653.4 Dykkar ref. Dykkar dato Tussa Nett AS Dragsund 6080 GURSKØY Sakshandsamar: Arne Venjum, MM 22 95 92 58 Tariffering av kundar med lang brukstid

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Sogndal kommune nyttar nynorsk skulemål og har nynorsk som administrasjonsmål. Kommunen krev nynorsk i skriv frå statlege organ til kommunen.

Sogndal kommune nyttar nynorsk skulemål og har nynorsk som administrasjonsmål. Kommunen krev nynorsk i skriv frå statlege organ til kommunen. Målbruksplan for Sogndal kommune Sogndal kommune nyttar nynorsk skulemål og har nynorsk som administrasjonsmål. Kommunen krev nynorsk i skriv frå statlege organ til kommunen. 1 Språkpolitiske mål Føremålet

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

10 tips for å skrive betre nynorsk Tips til eksamen i norsk. Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015

10 tips for å skrive betre nynorsk Tips til eksamen i norsk. Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015 Ivar Aasen 1 www.stavanger-kulturhus.no 10 tips for å skrive betre nynorsk Tips til eksamen i norsk. Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015 www.stavanger-kulturhus.no «Eg skriv betre på eit språk som

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven

Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven Fra: Sandnes Mållag [sandnes.maallag@epost.no] Sendt: 13. mai 2008 10:05 Til: postmottak; Sandven, Britt I. Emne: Rett skriving av stadnamn Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven Bydelsutvala er høyringsinstans

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 12.10.2015 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Variasjon i ventetider og fristbrot ARKIVSAK: 2015/2228 STYRESAK: 107/15 STYREMØTE: 10.11.

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

6. trinn. Målark Chapter 1 Bokmål. Kan godt. Kan litt. Kan ganske godt. Read and listen. Jeg kan lytte til en tekst og forstå hvor handlingen foregår.

6. trinn. Målark Chapter 1 Bokmål. Kan godt. Kan litt. Kan ganske godt. Read and listen. Jeg kan lytte til en tekst og forstå hvor handlingen foregår. Målark Chapter 1 Bokmål Jeg kan lytte til en tekst og forstå hvor handlingen foregår. Jeg kan lytte til en tekst og kan si hvilke personer eller figurer teksten handler om. Jeg kan lytte til en tekst og

Detaljer

Utdrag frå boka Ord te gagns

Utdrag frå boka Ord te gagns Utdrag frå boka Ord te gagns Ord og uttrykk frå Surnadal Surnadal Heimbygdlags skrifter nr. 11 Surnadal Heimbygdlag 2010 Bøyingsmønster INNLEIING (Følg med i dette avsnittet når du hører på lydprøvenepå

Detaljer

APPENDIKS D Geminittisk språk/grammatikk

APPENDIKS D Geminittisk språk/grammatikk 1 APPENDIKS D Geminittisk språk/grammatikk Jeg har latt overskriften på dette appendikset bli sående i sin opprinnelige form, selv om jeg kun har maktet å gi et nokså usystematisk og mangelfullt innblikk

Detaljer

Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/11-2005.

Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/11-2005. Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/11-2005. Oppgåve 1 a) Rekn ut gcd(788, 116). Finn alle løysingane i heile tal til likninga 788x + 116y = gcd(788, 116). b) Ein antikvar sel ein dag nokre

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå. 13. POLYGONDRAG Nemninga polygondrag kjem frå ein tidlegare nytta metode der ein laga ein lukka polygon ved å måle sidene og vinklane i polygonen. I dag er denne typen lukka polygon lite, om i det heile

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Tale, Ivar Aasen-stemnet 29.6.14

Tale, Ivar Aasen-stemnet 29.6.14 Tale, Ivar Aasen-stemnet 29.6.14 «Gode stemnelyd!», kunne eg valt å innleia denne talen med. Eit «Signe dagen» kunne også vore på sin plass. Det vakre «freden god», blant anna brukt i Trondenes, kunne

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! 17. mai er annleis enn alle andre dagar. Ein stor bursdag der alle er inviterte, tenkjer Mina, medan

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Vurdering av allianse og alternativ

Vurdering av allianse og alternativ Leiinga Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda postmottak@hivolda.no www.hivolda.no

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Jan Terje Faarlund [Norsk Ordbok, baand VIII] Norsk ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske

Jan Terje Faarlund [Norsk Ordbok, baand VIII] Norsk ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske LexicoNordica Forfatter: Anmeldt værk: Jan Terje Faarlund [Norsk Ordbok, baand VIII] Norsk ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet. baand VIII. Mugg-ramnsvart. Oslo: Det norkse

Detaljer

11 Omformingar. Bakgrunn. Utelating av setningsledd

11 Omformingar. Bakgrunn. Utelating av setningsledd 11 Omformingar Bakgrunn 126 Forklaringsmodell. Mange syntaktiske konstruksjonar blir lettare å forstå dersom ein kan tillate seg å framstille dei som avleiingar av underliggjande strukturar. Slike avleiingar

Detaljer

Grammatisk ordliste Los geht s!

Grammatisk ordliste Los geht s! Grammatisk ordliste Los geht s! Omegrep Forklaring Døme Adjektiv Adverb Akkusativ Analyse Artikkel Dativ Direkte objekt (DO) Eigennamn Eigedomsord Ord som skildrar eit substantiv (namn på ting, dyr, personar).

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Finansiering av søknaden

Finansiering av søknaden Hei, Dei føreslegne endringane er i orden for oss. Mvh Bjarte Lofnes Hauge Den 3. jun. 2016 kl. 11.02 skrev Guro Høyvik : Hei igjen, og takk for nye vedlegg. Eg har gått gjennom den

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32 Saksframlegg Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32 Christian Frøyd - Søknad om oppføring av ny garasje og fasadeendring, gbnr. 21/48 -Ny handsaming. * Tilråding: Forvaltningsutvalet

Detaljer

Den nye seksjon for applikasjonar

Den nye seksjon for applikasjonar Nye IT-avdelinga Den nye seksjon for applikasjonar Ei kort innleiing om prosessar basert på ITIL som eg brukar litt i presentasjonen Seksjonen sine ansvarsområde 3 av mange områder som seksjonen skal handtera

Detaljer

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Tilleggsinnkalling til Formannskapet FLORA KOMMUNE Tilleggsinnkalling til Formannskapet Møtedato: 17.02.2015 Møtestad: Flora Samfunnshus Møtetid: 12:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd

Detaljer

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben Planseksjonen her For kunngjering av planvedtak Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2007/865 2907/2007 L12 SAM/ PH 11.04.2007 _ E39 VOLDA

Detaljer

http://eksamensarkiv.net/

http://eksamensarkiv.net/ Bokmål (side 2 5) Kortsvar Legg merke til at det står kommentarer under oppgaveinstruksene. Kommentaren vil være til hjelp for å løse oppgaven. Del A Alle skal svare på del A. Tekst: «De tapte generasjoner»

Detaljer

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Matematisk samtale og undersøkingslandskap Matematisk samtale og undersøkingslandskap En visuell representasjon av de ulike matematiske kompetansene 5-Mar-06 5-Mar-06 2 Tankegang og resonnementskompetanse Tankegang og resonnementskompetansen er

Detaljer

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk Søk regionale miljøtilskudd elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne folderen er det ei skildring av korleis

Detaljer

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7 Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7 24. mai 2011 Oppgavesettet besto av 3 oppgaver. Alle oppgavene skulle besvares og svarene begrunnes. Oppgavene telte i utgangspunktet som vist

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE KAP. 1. FIRMA, KONTORKOMMUNE, FORMÅL 1-1 SpareBank 1 Søre Sunnmøre er skipa den 17. september 1853. Vedtektene vart godkjende første gongen ved høieste Resolution

Detaljer

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Oppgåver til side 130 Oppgåve B Kommenter forholdet mellom omgrep. a) Morfem, leksikalsk morfem, grammatisk morfem, bøyingsmorfem og avleiingsmorfem.

Detaljer

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden 0311 ESPEN ASKELADD VIDDA 1 VIDDA 2 0028 OSLO 123456 78910 BYDEL GAMLE OSLO 5. mars 2013 Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden Husbanken har

Detaljer

Leksikaliseringsprosessar i samansette verb: Adjektiv eller partisipp?

Leksikaliseringsprosessar i samansette verb: Adjektiv eller partisipp? Leksikaliseringsprosessar i samansette verb: Adjektiv eller partisipp? Bjørghild Kjelsvik Nynorskordboka SPRÅKRÅDET / UIO NFL OSLO 2013 23.08.2013 1 Partikkelverb: Partikkelverb i norsk kan delast i to

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN. Melding om vedtak Stein Erik Watne Hobbesland 4596 EIKEN DYKKAR REF: VÅR REF: SAKSHANDSAMAR: ARKIVKODE: DATO: 2012/597-34 Marit Eiken Direkte tlf.: 38 34 91 04 77 og 78 05.05.2015 SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Årsplan i norsk for 5. og 6. klasse 2015-2016

Årsplan i norsk for 5. og 6. klasse 2015-2016 Årsplan i norsk for 5. og 6. klasse 2015-2016 Læreverk: Dagny Holm og Bjørg Gilleberg Løkken: Zeppelin språkbok 6 og arbeidsbok Læreverk: Dagny Holm og Bjørg Gilleberg Løkken: Zeppelin lesebok 6 og arbeidsbok

Detaljer

Ståstadsanalysen nokre erfaringsbaserte kommentarar.

Ståstadsanalysen nokre erfaringsbaserte kommentarar. Ola Hoff Kaldestad & Cathrine Borgen: Ståstadsanalysen nokre erfaringsbaserte kommentarar. Prosjekt: Ny start felles grunnlag aktive elevar. Kvam kommune 1. KORT OM PROSJEKTET OG FORMÅLET MED ARTIKKELEN

Detaljer

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato

Detaljer

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnr.: Saksbehandlar Utval for Oppvekst og Helse 04.11.2008 037/08 MO Kommunestyret 13.11.2008 072/08 MO Saksansvarleg: Eirik Natvik

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Kjære alle! Gratulerer alle med dagen. Dette er ein merkedag for bevaringstenestene både her i fylket og nasjonalt! Hordaland

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse KOMPETANSEMÅL Generelt om naturfag: Kunnskap om, forståelse av og opplevelser i naturen kan fremme viljen til å verne om naturressursene, bevare

Detaljer

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok. Å BINDE SAMAN SETNINGAR 1 Kva ordklasse høyrer dei utheva orda til? Då eg var i London, besøkte eg tanta mi. Ein hund beit Leo. Derfor er han redd hundar. Arne går på spanskkurs, for han vil lære spansk.

Detaljer

Addisjon og subtraksjon 1358 1357 1307-124-158-158 =1234 =1199 =1149

Addisjon og subtraksjon 1358 1357 1307-124-158-158 =1234 =1199 =1149 Addisjon og subtraksjon Oppstilling Ved addisjon og subtraksjon av fleirsifra tal skal einarar stå under einarar, tiarar under tiarar osb. Addisjon utan mentetal Addisjon med mentetal 1 212 357 + 32 +

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte. VESTNES KOMMUNE Administrasjonsutvalet Innkalling til møte i Administrasjonsutvalet Møtestad: Dato: Formannskapssalen, Rådhuset, 11.04.2008 Kl.15:00 Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding,

Detaljer

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A FORBØN ORDNING FOR Forbøn for borgarleg inngått ekteskap Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda,

Detaljer

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette? Norsk etnologisk gransking Desember 1955 Emne nr. 53 TRESKING II I 1. Kva tid på året var det dei til vanleg tok til å treskja? Var det visse ting dei i så måte tok omsyn til, t. d. om kjølden var komen?

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål VINJE SKOLE SOM MUSEUM Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål Vinje skole som museum Innleiing Dette notatet er laga etter at eg på vegne av Sparbyggja fortidsminnelag (av Fortidsminneforeninga)

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

Denne minigrammatikken tar for seg nokre av hovudreglane for nynorsk.

Denne minigrammatikken tar for seg nokre av hovudreglane for nynorsk. MINIGRAMMATIKK Dei viktigaste reglane for nynorsk rettskriving i tråd med den gjeldande nynorskrettskrivinga som trådde i kraft 1. juli 2012. Systemet med sideformer blei avskaffa, slik at alle skrivemåtar

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1 2 Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Årsplan. for 3. årstrinn nynorsk

Årsplan. for 3. årstrinn nynorsk Årsplan for 3. årstrinn nynorsk Kapittel 1: Tre på rad Skulestart på 3. årstrinn 3A side 5 28 side 7 16 side 3 10 - lese enkle tekstar knytte til temaet: dikt, regler, spel og eventyr for samtale og munnleg

Detaljer

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen Å leve med kreft over tid. Psykososiale utfordringar og hensiktsmessige tiltak ved kreftsjukdom Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen Å leve med kreft Det er mange utfordringar, f.eks:

Detaljer

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling... 10 Spørjesetningar... 11 Imperativsetningar... 15 Det-setningar...

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling... 10 Spørjesetningar... 11 Imperativsetningar... 15 Det-setningar... HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling... 10 Spørjesetningar... 11 Imperativsetningar... 15 Det-setningar... 16 1 HEILSETNINGAR Ordstilling I ei norsk setning kjem orda i ei bestemt

Detaljer

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT Vedteke i k-sak 24/05 den 14.6.05 Ref: ARH 04/01451-004 Løpenr: 002499/05 Arkivnr: 410 JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT I N N H A L D 1. OMFANG...1 1.1. Definisjon... 1 1.2. Tilhøve til lov, tariffavtale

Detaljer

liv Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg.

liv Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg. Når eg blir større kan eg lese mykje om sånne ting som verdensrommet, om kva vi kan forstå og kva vi ikkje kan forstå, seier pappa. Det vil eg ikkje, seier eg. Då treng du ikkje gjere det heller, seier

Detaljer